St.meld. nr. 15 (1997-98)

Om gjennomføring av råfisklova m.v. i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Fiskeridepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov 14 desember 1951 nr 3 om omsetning av råfisk (råfisklova). Meldinga inneheld også rapport om fiskeeksporten og saker som er av særleg interesse å leggje fram for Stortinget. Meldinga omfattar perioden 1995 og 1996.

Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova blei lagt fram for Stortinget som St meld nr 17 (1995-96) Om gjennomføring av råfisklova i 1993 og 1994.

Fiskeridepartementet orienterte i den førre meldinga om langsiktige leveringsavtaler for makrell som blei inngått for hausten 1995. Departementet legg med dette også fram evalueringa av avtalene, slik Næringskomiteen ba om då denne meldinga blei handsama, jf Innst S nr 117 (1995-96).

1.2 Tidlegare meldingar

St meld nr 17 (1995-96) inneheldt rapport om verksemda i dei salslaga og salsorganisasjonane som hadde einerett til omsetning i første hand av fisk med heimel i råfisklova. Det blei også gitt rapport om fiskeeksporten. I tidlegare Stortingsmeldingar er det gitt utførleg oversikt over omsetningssystemet. Meldingane inneheldt også saker som har vore av særleg interesse å leggje fram for Stortinget.

1.3 Status i lovverket

Det er ikkje skjedd endringar i salslagsstrukturen i meldingsperioden. Det eksisterer i dag difor seks salslag med omsetningsrett etter råfisklova.

I den førre meldinga blei det vist til at råfisklova § 4 har blitt endra slik at salslaga ikkje lenger har heimel til å godkjenne førstehandskjøparar av fisk. Endringa i lova blei ikkje iverksett då Stortinget ønska ei nærare vurdering av behovet for alternative ordningar. Resultatet av desse vurderingane var at lov om registrering som kjøpar i første hand av råfisk o.a. blei vedteke. Formålet med lova er å etablere ei tilsynsordning med omsetningsledda i førstehandsomsetninga av fisk og fiskevarer. Det blei sett på som den beste løysinga at forskrifter til lov om registrering som kjøpar i første hand av råfisk o.a. blei utarbeidd før denne lova og endringa av råfisklova blei sett i verk. Lovene og forskriftene tek til å gjelde 1 januar 1998.

Tabell 1.1 Fangstmengd rund vekt og fangstverdi inkludert pristilskot i 1995 og 1996 fordelt på salslag (i tonn og 1.000 kr)

1995199519961996
salslagtonn1.000 krtonn1.000 kr
Skagerakfisk14.055186.52413.007184.332
Rogaland Fiskesalgslag9.63797.90910.418112.173
Vest-Norges Fiskesalgslag40.190260.45735.714240.666
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag245.2481.796.517230.6901.629.825
Norges Råfisklag511.6233.558.132546.2853.326.960
Norges Sildesalgslag1.693.6602.246.5821.799.4103.119.266
Utanom laga m.m.64726.5532.77826.669

Verditala i tabellen gjeld fangstverdi, medan kvantumstala gjeld den faktiske fangsten det enkelte året. Fangstverdi kan etter det Fiskeridirektoratet seier definerast slik: «Fangstverdi er det fiskarane får utbetalt for fangsten. I denne summen er lagsavgifta trekt frå, medan produktavgifta ikkje er trekt frå. Alle pris- og frakttilskot er lagt til. Sikringstrekk og meirverdiavgift er ikkje rekna ut.» Tala i tabellen kan ikkje direkte samanliknast med dei tala som seinare blir presenterte for omsetninga til dei enkelte salslaga. I tabellane for salslaga blir det presentert verdital som ikkje er i samsvar med Fiskeridirektoratet sin definisjon av fangstverdi. Når det gjeld kvantumstala, treng dei ikkje gi eit uttrykk for kva som faktisk er fanga det enkelte året. Dei gir uttrykk for det som er omsett gjennom det enkelte salslaget. Dette vil også påverke verditala.

Til forsiden