St.meld. nr. 15 (1997-98)

Om gjennomføring av råfisklova m.v. i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

3 Gjennomføring av fiskeeksporten

3.1 Eksportlova

Lov om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer (eksportlova) blei vedteke 27 april 1990. Med heimel i denne lova har departementet oppretta Eksportutvalget for fisk, som er satt saman av representantar for eksportørar, produsentar, oppdrettarar og fiskarar. Hovudoppgåva til Eksportutvalget er å arbeide med felles marknadsføring av norsk fisk og norske fiskevarer. Vidare heimlar lova mellom anna ei godkjenningsordning for å bli eksportør og at eksportørane skal svare ei avgift ved eksport av fisk. Det kan elles nemnast at som ei følgje av lakseavtalen med EU blei eksportlova endra i 1997. Endringa er nærare omtalt i St prp nr 1 (1997-98) for Fiskeridepartementet side 52.

Med heimel i lova er det fastsett forskrift om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer. Forskrifta gjev mellom anna nærare reglar om eksportgodkjenning, avgifter og om Eksportutvalget og deira oppgåver.

Årsmeldingane til Eksportutvalget for fisk for åra 1995 og 1996 følgjer med som utrykt vedlegg.

3.2 Oversikt over eksporten av fisk og fiskevarer

Norsk eksport av fisk og fiskevarer har hatt ei positiv utvikling gjennom heile nittitalet, og denne utviklinga heldt fram også i 1995 og 1996. Den totale eksporten i 1996 kom opp i 22.500 mill kroner, og dette er eit historisk høgmål.

Dei viktigaste fiskeslaga var laks og torsk, med ein samla totaleksport i 1996 på høvesvis 7.000 mill kroner og 4.900 mill kroner. Vidare var samla eksportverdi 2.200 mill kroner for sildeprodukt og 1.800 mill kroner for makrellprodukt, og eksporten av desse produkta auka sterkast i perioden. Dette kom av både ein sterk auke i sildekvotane og auka prisar for både sild og makrell.

Det viktigaste enkeltproduktet innanfor norsk fiskeeksport var fersk oppdrettslaks, med ein verdi på 5.100 mill kroner. Andre viktige produkt ein kan nemne var frosen makrell til ein verdi av 1.700 mill kroner, klippfisk torsk til 1.500 mill kroner og frosen torskefilet til 1.300 mill kroner.

EU var den viktigaste marknaden for norsk fiskeeksport i perioden, med ein eksportverdi i underkant av 13.900 mill kroner, tilsvarande om lag 62% av eksportverdien. Japan var det største enkeltlandet med 2.527 mill kroner, og frosen makrell utgjorde åleine 942 mill kroner. Eksporten til Russland har utvikla seg sterkt i dei seinare åra, og det var også ein markant auke frå 1995 til 1996. Russland var den tiande største marknaden i verdi og det nest største i volum, noko som kom av at hovudprodukta til Russland er frosen sild og makrell. Trenden i nittiåra med aukande eksport til dei austeuropeiske landa heldt fram i perioden.

Nedanfor blir det gitt nøkkeltal for fiskeeksporten i åra 1995 og 1996. Ein gjer merksam på at i tabellane 3.2 til 3.11 inneheld rada «Andre land» også dei EU-landa som ikkje er spesifiserte i dei enkelte tabellane. Alle tala blir gitt i tonn og mill kr.

Tabell 3.1 Total eksport pr produktgruppe

19951996
tonnmill. krtonnmill. kr
Totalt1.636.26720.0911.836.64922.458
Fersk laks169.4285.007191.3965.072
Fersk sild96.62219490.317231
Fersk fisk elles75.06968388.117794
Frosen makrell268.2191.281214.2311.731
Frosen sild184.692579338.2091.245
Frosen fisk elles126.8021.596132.2801.973
Fersk filet11.75442717.758606
Frosen torskefilet50.5971.32053.7741.348
Frosen laksefilet9.33456610.490589
Frosen seifilet32.69750127.476421
Frosen sildefilet73.25332879.522465
Frosen filet elles23.95849129.511601
Andre sildeprodukt. (inkl. fersk filet og tilverka)43.11122643.011275
Klippfisk65.9692.22271.3512.247
Saltfisk62.3381.44467.3381.392
Tørrfisk4.8834265.352425
Reker, også tilverka15.79787118.392904
Andre krepsdyr/blautdyr, også tilverka3.5201294.368132
Tilverka fisk23.98874122.457722
Fiskemjøl og fiskeolje154.847533157.717666
Lever og rogn5.3501414.968140
Andre fiskevarer134.039385168.614479

Totaleksporten auka med 12,3% i volum og 11,8% i verdi frå 1995 til 1996, og totalverdien i 1996 var 22.500 mill kroner.

Tabell 3.2 Total eksport pr marknad

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt1.636.26720.0911.836.64922.458
EU836.45613.157921.30613.829
Frankrike95.6792.136105.6222.169
Japan205.1161.988170.3422.527
Danmark179.2582.192190.4162.434
Tyskland94.9611.60592.3441.526
Portugal53.5871.33654.3911.208
Storbritannia142.5341.591160.2881.762
Sverige58.5531.10175.1101.288
Italia26.6681.04128.1001.013
Spania34.55677740.076775
Brasil26.7771.00432.0501.119
USA31.05879932.920761
Nederland76.82656082.384717
Finland50.33033062.339428
Polen99.776396120.464638
Belgia13.13731714.851307
Sveits7.2512256.820199
Russland123.442448179.882846
Taiwan6.8531857.440161
Singapore3.928644.37572
Andre land305.9771.996376.4352.508

Dei viktigaste eksportmarknadene for Noreg målt i verdi var Japan, Danmark og Frankrike. Totaleksporten i 1996 var på 22.500 mill kroner, og eksporten til EU-landa utgjorde ca 62 % av dette. Samanlikna med 1995 ser vi at eksporten til Russland har auka sterkt, både i volum og verdi. I 1996 importerte Russland nesten 180.000 tonn frå Noreg og var med det den nest største marknaden, målt i volum (kjem av store kvanta frosen og fersk sild). Inntil for få år sidan var Russland ein liten marknad for norsk fisk.

Tabell 3.3 Fersk laks

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt169.4285.007191.3965.072
EU152.1984.443169.6044.433
Danmark43.3871.20950.4321.288
Frankrike38.0221.11740.4171.055
Tyskland18.01252717.491461
Japan11.12436512.892386
Spania13.87140513.871366
Sverige8.1202439.980271
Italia7.4812338.575228
Nederland7.5282247.975211
Storbritannia4.9351596.218164
Andre land16.94852523.545642

Fersk oppdrettslaks var det viktigaste enkeltproduktet i norsk fiskeeksport med ein verdi på kr 5.100 mill i 1996. Samstundes med at kvantumet har auka, har verdien vore om lag på same nivå i 1994, 1995 og 1996. Dette skuldast at prisane har blitt reduserte. Heile 87% av eksporten av fersk laks gjekk til EU, og Danmark har blitt det største importlandet. Mykje av denne importen blei nytta som råstoff i danske røykeri og blei seinare reeksportert til andre EU-land, mellom anna til Frankrike.

Tabell 3.4 Frosen makrell

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt268.2191.281214.2311.731
Japan139.15972797.317942
Nigeria1.67764.02916
EU16.1397418.706166
Latvia10.0144513.16191
Litauen7.670347.65951
Polen17.7756619.420108
Singapore2.742123.02222
Russland18.6437825.808160
Nederland9.5974514.508137
Romania6.073245553
Tyrkia8.463312.79414
Andre land46.40621325.958187

Eksporten av frosen makrell auka med 35 % i verdi frå 1995 til 1996, samstundes med at volumet minka sterkt grunna reduserte kvotar. Prisane på frosne makrellprodukt har auka sterkt i perioden. Japan var framleis den viktigaste marknaden med 55 % av totalverdien, og medan eksportkvantumet til Japan blei redusert med 30 %, auka eksportverdien likevel med 30 % grunna den sterke prisveksten. Eksporten auka sterkt på andre marknader, særleg Russland, Latvia og Polen.

Tabell 3.5 Frosen sild

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt184.692578338.2091.245
Japan16.4836813.09881
EU24.1278836.560156
Polen24.3686831.229117
Russland43.87512897.321342
Nederland10.8164714.85078
Latvia21.2136149.229177
Litauen19.8615743.093164
Tyskland4.082145.99624
Andre land43.99413583.393262

Eksportverdien av frosen sild auka med 115 % frå 1995 til 1996, og det har vore ein markant kvantumsauke gjennom desse to åra. Dette kjem i stor grad av ei svært positiv utvikling i handelen med Aust-Europa, særleg Russland, Latvia og Litauen. For dette produktet var det også ein liten auke i tradisjonelle EU-land. Prisen på frosen sild har auka med ca 17 % på dei to åra

Tabell 3.6 Frosen torskefilet

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt50.5971.32053.7741.349
EU38.68398643.4811.059
Storbritannia20.70550922.081506
USA11.3103139.288258
Tyskland5.1531244.868109
Frankrike5.6651388.540195
Sverige3.032942.52875
Italia1.388542.636103
Danmark1.769421.28529
Andre land1.575462.54874

Frosen torskefilet var det fjerde største produktet innan norsk fiskeeksport målt i verdi. Det var berre fersk oppdrettslaks, frosen makrell og klippfisk torsk som var større. Eksporten av frosen torskefilet auka med 6,3 % i volum og 2,2 % i verdi frå 1995 til 1996. Prisane på frosne fileter har vore pressa dei siste åra som følgje av aukande tilførsle av lågprisvarer som Alaska pollack.

Tabell 3.7 Frosen seifilet

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt32.69750127.476421
EU29.22845325.598391
Tyskland15.10822711.408165
Finland2.637483.29462
Frankrike5.729884.83870
Storbritannia2.519372.44437
Sverige1.584291.52927
Danmark1.026151.01115
Andre land4.094572.95245

Frosen seifilet var det viktigaste seiproduktet med ein eksportverdi på 421 mill kroner 1996. Trenden har likevel ikkje vore positiv, sidan både volum og verdi har hatt ein nedgang frå 1995 til 1996. Den negative utviklinga kjem i stor grad av endringar i den tyske marknaden, som hovudmarknaden for dette produktet. Både prisar og kvanta til Tyskland har minka.

Tabell 3.8 Klippfisk

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt65.9692.22271.3512.247
EU26.35087625.854792
Brasil26.58099831.4601.107
Portugal14.26346211.299328
Italia4.0441354.397135
Frankrike3.3681103.551107
Dominikanske republikk2.996734.27589
Mexico284122379
Danmark2.8201064.309154
Martinique1.291411.14033
Jamaica1.653321.17925
Sveits6803165227
Kongo8971592317
Andre land7.0932077.929216

Det var ei positiv utvikling i eksporten av klippfisk frå 1995 til 1996. Samla eksportverdi auka med 1 % i perioden, medan volumet auka med 8 %. Ein opplevde ein reduksjon i eksporten til Portugal, men dette blei oppvegd av ein verdiauke på 11 % i den brasilianske marknaden. Brasil sto for 49 % av den totale eksportmarknaden for klippfisk, målt i verdi.

Tabell 3.9 Saltfisk

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt62.3381.44467.3381.392
EU59.3011.40163.8731.340
Portugal37.67783336.965745
Spania10.46425612.796262
Italia4.9761594.930145
Hellas3.555844.728102
Danmark835191.88137
Frankrike1.314282.06339
Andre land3.517653.97562

Eksporten av saltfisk blei redusert med 3,6 % i verdi, medan det var ein auke på 8 % i volum frå 1995 til 1996. EU-marknaden utgjorde heile 87 % av eksportverdien og 95 % av eksportvolumet. Portugal representerte åleine 54 % av den totale eksportverdien. Produktet nyttast hovudsakleg til produksjon av klippfisk.

Tabell 3.10 Tørrfisk

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt4.5053764.783366
EU3.9203494.164335
Italia3.6003283.779315
Kroatia86422514
USA644453
Andre land7554073434

Det var ein mindre volumauke i eksporten av tørrfisk i 1996 samanlikna med året før. Prisane utvikla seg i negativ retning slik at verdien gjekk ned med 2,3 % i same periode. Italia er hovudmarknaden for tørrfisk, og representerte 86 % av den samla eksportverdien i 1996.

Tabell 3.11 Reker, også tilverka

19951996
tonnmill krtonnmill kr
Totalt15.79787118.392904
Sverige5.1032566.078300
EU12.40366515.154720
Storbritannia3.8852224.377210
Japan2.4651622.038132
Finland1.418802.06199
Danmark909391.58052
USA5731427
Frankrike7524772442
Tyskland2281423311
Andre land980481.15951

Sett under eitt auka eksporten av rekeprodukt med 16 % i volum og 4 % i verdi frå 1995 til 1996. Dei viktigaste rekeprodukta var pilla, frosne reker og frosne råreker med eksportverdiar på høvesvis 590 mill kroner og 140 mill kroner i 1996. Dei viktigaste marknadene for pilla, frosne reker var EU-landa Sverige, Storbritannia og Finland som til saman representerte 83 % av eksportverdien for dette produktet. Kva gjeld frosne råreker, sto den japanske marknaden for heile 90 % av verdien.

Til forsiden