1 Eit historisk prosjekt
Regjeringa meiner hovudutfordringa for Europarådet i åra framover er å styrkje oppfølginga av pliktene som medlemslanda har teke på seg til å etterleve dei europeiske grunnverdiane: menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. Samarbeidet i Europarådet dekkjer eit breitt spekter av samfunnsområde. Nærare 200 konvensjonar er utarbeidde. Europarådet har styrkt rolla si som garantist for eit felles rettsleg grunnlag på sentrale samfunnsområde. Det er Regjeringa sitt syn at samarbeidet i Europarådet såleis er ein viktig del av arbeidet for å fremje multilaterale løysingar på sentrale utfordringar i Europa.
Europarådet sitt viktigaste arbeid dei seinaste åra har vore å medverke til ei demokratisk utvikling i heile Europa og byggje ned dei politiske skilja mellom aust og vest. Etter den kalde krigen er talet på medlemsland meir enn dobla. Europarådet har no 46 medlemsland med 800 millionar innbyggjarar. Den framleis ustabile situasjonen på Balkan og i fleire av landa og områda i det tidlegare Sovjetunionen syner at dei utfordringane som låg til grunn for skipinga av Europarådet, framleis er høgst aktuelle. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg er berebjelkar i forvaltinga av menneskerettane i Europa. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein pådrivar for å få gjennomført ei naudsynt reform av det europeiske menneskerettssystemet, først og fremst for å sikre framtida til domstolen. Bakgrunnen for reformprosessen er mellom anna at bunken av uhandsama saker i domstolen er raskt veksande. I mai 2004 vart det vedteke ein reformpakke med tiltak for å effektivisere sakshandsaminga ved domstolen, for å betre statane si oppfølging av dommane og for i større grad å førebyggje og rette opp menneskerettsbrot på det nasjonale planet. For å støtte opp om dei nasjonale tiltaka må Europarådets arbeid med opplæringsprogram og anna hjelp til dei nye medlemslanda styrkjast.
Europarådet har over tid gjort ein verdifull innsats for å fremje tverreligiøs og tverrkulturell dialog. Regjeringa finn Europarådet godt eigna som forum for å vidareføre innsatsen i høve til denne viktige problematikken.
Regjeringa ynskjer å medverke til å vidareutvikle samarbeidet mellom Europarådet og andre organisasjonar som EU, FN og OSSE. EU-utvidinga har stilt store krav til ei klarare rollefordeling mellom EU og Europarådet. Det er særleg viktig å unngå at det vert utvikla konkurrerande standardar for menneskerettar i Europa. Regjeringa går inn for at EU knyter seg til det rammeverket som alt finst på ulike område i Europarådet. Frå norsk side vil vi halde fram arbeidet med å få gjennomført reformer i organisasjonen for å sikre at Europarådet vert stadfesta som ein open og kostnadseffektiv organisasjon. Reformene vil medverke til å gje Europarådet den posisjonen som organisasjonen har krav på i den europeiske samarbeidsarkitekturen.