2 Handlingsplan frå det tredje toppmøtet mellom stats- og regjeringssjefane i Europarådet (Warszawa, 16.–17. mai 2005)
Vi, stats- og regjeringssjefane i medlemslanda i Europarådet, som møttest i Warszawa 16. og 17. mai 2005, har skissert denne handlingsplanen, som fastset dei viktigaste oppgåvene til Europarådet i dei komande åra.
I – Fremje felles grunnleggjande verdiar: menneskerettar, rettstryggleik og demokrati
1. Sikre at den europeiske menneskerettskonvensjonen framleis verkar effektivt
Vi skal med alle høvelege middel sikre at konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane verkar effektivt på lang sikt. For dette føremålet skal vi gje Den europeiske menneskerettsdomstolen den støtta som krevst, og gjennomføre alle dei reformtiltaka som vart vedtekne på det 114. ministerkomitémøtet i mai 2004, i samsvar med alle dei nærare føresegnene. Dette tenkjer ein seg skal omfatte ratifisering av protokoll nr. 14 til konvensjonen, som er avgjerande for effektiviteten til den europeiske menneskerettskonvensjonen i framtida.
På nasjonalt plan skal vi sikre at
det finst høvelege og effektive mekanismar i alle medlemsstatane for å verifisere at lovgjeving og forvaltingspraksis er i samsvar med konvensjonen,
det finst effektive nasjonale rettsmiddel for kvar person som har ei framførbar klage om eit brot på konvensjonen,
tilstrekkeleg opplæring i konvensjonsstandardar vert integrert fullt ut i universitetsutdanning og yrkesretta opplæring; derfor vedtek vi å lansere eit europeisk program for menneskerettsutdanning for juristar og oppmodar medlemsstatane til å medverke til at det vert gjennomført.
Ministerkomiteen skal gjennomgå gjennomføringa av desse tiltaka jamleg og med innsyn.
Vi skipar ei gruppe av vise personar til å vurdere spørsmålet om den langsiktige effektiviteten av kontrollmekanismen i den europeiske menneskerettskonvensjonen, mellom anna dei første verknadene av protokoll 14 og dei andre vedtaka som vart gjorde i mai 2004. Vi ber dei om å kome med, så snart som mogleg, framlegg som går lenger enn desse tiltaka, og samtidig følgjer den grunnleggjande filosofien som ligg til grunn for den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Vi understrekar at alle medlemsstatane må skunde på og gjennomføre fullt ut dommane frå domstolen. Vi pålegg ministerkomiteen å utarbeide og gjennomføre alle dei tiltaka som krevst for å oppnå dette, særleg når det gjeld dommar som avslører strukturelle problem, medrekna problem som er av tilbakevendande art.
2. Verne og fremje menneskerettane gjennom dei andre institusjonane og mekanismane under Europarådet
Som det primære forumet for vern og fremjing av menneskerettane i Europa skal Europarådet – gjennom sine ulike mekanismar og institusjonar – spele ei dynamisk rolle når det gjeld å verne einskildmennesket sin rett og fremje det uvurderlege engasjementet til ikkje-statlege organisasjonar til å aktivt forsvare menneskerettane.
Vi pliktar oss til å styrkje institusjonen Europarådets kommissær for menneskerettar, som har prova at han er effektiv, ved å stille til rådvelde dei midlane som krevst for at kommissæren skal kunne fylle funksjonane sine, særleg i lys av iverksetjinga av protokoll nr. 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Vi skal framleis støtte Den europeiske komiteen til førebygging av tortur og umenneskeleg eller nedverdigande handsaming eller straff (CPT) og den unike rolla han spelar, ved å vitje fengsel, for å betre tilhøva for dei innsette. Vi ber òg om jamlege oppdateringar av dei europeiske fengselsreglane for å få eit grunnlag for å fastsetje fengselsstandardar. Europarådet vil hjelpe medlemsstatane med å sikre gjennomføring av reglane.
Vi vil intensivere kampen mot rasisme, diskriminering og alle former for intoleranse samt freistnader på å rettferdiggjere nazismen. Vi skal derfor gje Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) det han treng for å kunne utføre arbeidet sitt, i nært samarbeid med nasjonale styresmakter og institusjonar og det sivile samfunnet i medlemsstatane. Vi ynskjer velkomen ECRIs rolle i arbeidet med å finne gode praksisar og ECRIs allmenne politiske tilrådingar, og vi vedtek å spreie dei vidt. Vi vil sikre samordning av ECRIs aktivitetar med tilsvarande aktivitetar i Den europeiske unionen og OSSE og andre aktuelle internasjonale organ.
Vi minner om vedtaket som vart gjort på toppmøtet i Strasbourg om «å trappe opp samarbeidet når det gjeld vern av alle personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar». Europas brokete historie har vist at nasjonale minoritetar må vernast for at det skal vere fred, og for at det skal kunne utviklast demokratisk stabilitet. Eit samfunn som oppfattar seg som pluralistisk, må tillate at identitetane til minoritetane, som gjer samfunna våre rikare, vert bevarte og blømer. Vi oppmodar derfor Europarådet til å halde fram med aktivitetane sine for å verne minoritetar, særleg gjennom Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar, og å verne regionale språk gjennom den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.
3. Styrkje demokrati, god styring og rettstryggleik i medlemsstatane
Vi vil arbeide for det felles målet vårt om å fremje demokrati og god styring av høgaste kvalitet nasjonalt, regionalt og lokalt for alle innbyggjarane våre og halde fram den pågåande kampen mot alle former for totalitarisme.
Vi vedtek, innanfor dei eksisterande strukturane til organisasjonen som heilskap
å skipe eit europarådsforum for framtida til demokratiet for å styrkje demokratiet, politiske fridomar og borgardeltaking, samtidig som vi hugsar mellom anna konklusjonane frå Barcelonakonferansen 17.–19. november 2004. Det skal vere ope for alle medlemsstatane og det sivile samfunnet, representert ved avgjerdstakarar, tenestemenn, utøvarar eller akademikarar. Det skal gjere det mogleg å utveksle idear, informasjon og eksempel på bestepraksisar, og å drøfte moglege framtidige tiltak. Forumet vil arbeide nært saman med Veneziakommisjonen og andre aktuelle europarådsorgan med sikte på å styrkje, gjennom refleksjon og framlegg, arbeidet til organisasjonen på demokratiområdet,
å søkje, i partnarskap med parlamentarikarforsamlinga og Kongressen for lokale og regionale styresmakter, mellomstatleg samarbeid om demokrati og god styring på alle plan,
å vidareutvikle det tverrnasjonale samarbeidet, etter som det trengst, og standardar for demokrati og god styring, mellom anna for ein tilfredsstillande verkemåte for statsforvaltingane våre,
å ta dei stega som krevst, mellom anna ved å skipe, innanfor sekretariatet, eit senter for sakkunne om kommunereform, for å gjennomføre Agendaen for yting av god lokal og regional styring, som vart vedteken på den 14. sesjonen til den europeiske kommunal- og regionalministerkonferansen (Budapest, 24.–25. februar 2005), ved å fremje standardar og gode praksisar og ved å hjelpe medlemsstatane med kapasitetsbygging på lokalt og regionalt plan, i nært samarbeid med kongressen,
å styrkje deltakinga frå ikkje-statlege organisasjonar i europarådsaktivitetar som eit avgjerande element i tilskotet frå det sivile samfunnet til innsyn og ansvar i demokratisk styring.
Vi tek opp att forpliktinga vår til å garantere og fremje ytrings- og informasjonsfridom og mediefridom som eit kjerneelement i demokratia våre. Vi legg derfor særleg vekt på arbeidet som er utført av Europarådet på dette området, og vi støttar fullt ut erklæringa og handlingsplanen som vart vedtekne på den 7. europeiske ministerkonferansen om massemediepolitikk (Kiev, 10.–11. mars 2005). Vi oppmodar til samarbeid mellom Europarådet og OSSE på dette området.
Lik deltaking av både kvinner og menn er eit avgjerande element i demokratiet. Vi stadfestar derfor forpliktinga vår til å oppnå reell likestilling mellom kvinner og menn. Vi vil styrkje integrering av likestillingsperspektivet i nasjonale politikkar, utarbeide retningsliner og metodar for ytterlegare framgang når det gjeld likestilling mellom kvinner og menn, fremje skiping av nasjonale likestillingsmekanismar og styrkje gjennomføringa av Beijinghandlingsplanen til Dei sameinte nasjonane.
Vi oppmodar medlemsstatane til å søkje råd og hjelp frå Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving («Veneziakommisjonen») om vidareutvikling av europeiske standardar, særleg når det gjeld verkemåten av dei demokratiske institusjonane og valrett. For å sikre gjennomføringa av europeiske standardar på nasjonalt plan bør kommisjonen trappe opp samarbeidet sitt med forfatningsdomstolar og domstolar med tilsvarande domsmakt som spelar ei nøkkelrolle i denne samanhengen.
Vi vil nytte oss fullt ut av Europarådets potensial til å setje standardar og vil fremje gjennomføring og vidareutvikling av organisasjonens rettslege instrument og mekanismar for samarbeid om rettslege spørsmål, samtidig som vi hugsar konklusjonane frå den 26. konferansen for europeiske justisministrar (Helsinki, 7.–8. april 2005).
Vi vedtek å utvikle evaluerings- og hjelpefunksjonane til Den europeiske kommisjonen for effektivitet i rettsstellet (CEPEJ) og å gjere god bruk av utgreiingane frå Det rådgjevande rådet for europeiske dommarar (CCJE) for å hjelpe medlemsstatane med å øve rettferd rettferdig og raskt og å utvikle alternative måtar å løyse tvistar på.
Statsborgarrett i heile si breidd, medrekna fremjing av å få statsborgarrett, og familierett er fokusområde for Europarådet. Rådet, som den høvelege internasjonale organisasjonen, vil halde fram med å utvikle arbeidet sitt på desse rettsområda.
4. Sikre etterleving av forpliktingane som medlemsstatane har teke på seg, og fremje politisk dialog
Europarådet er eit alleuropeisk politisk forum som samlar medlemsstatar som har forplikta seg til å fremje demokratisk ordskifte og rettstryggleik.
Vi vil halde fram dei felles freistnadene våre på å sikre streng etterleving av medlemsstatane sine forpliktingar overfor dei vedtekne fellesstandardane. Standardsetjing på justisområdet og andre aktuelle rettsområde og ikkje-diskriminerande overvakingsprosessar bør framleis nyttast for å hjelpe medlemsstatane med å løyse problema og utvikle rettsskipnadene sine. Overvaking må, etter som det trengst, følgjast av hjelp og fagleg støtte frå Europarådet. I denne samanhengen oppmodar vi til å framleis samarbeide om opplæring av dommarar og lovhandhevingstenestemenn.
Europarådet bør framleis fremje ein fruktbar dialog i ministerkomiteen og parlamentarikarforsamlinga. Kongressen for lokale og regionale styresmakter må framleis fremje lokaldemokrati og desentralisering, samtidig som han tek omsyn til den interne organiseringa i dei landa det gjeld, slik at ein når alle nivå i det europeiske samfunnet. Den politiske dialogen bør utnytte potensialet som organisasjonen har til å fremje gjensidig forståing mellom medlemsstatane, og på den måten styrkje einskapen i Europa og medverke til å oppfylle forpliktinga til å byggje Europa utan skiljeliner.
For dette føremålet vil Europarådet, i samarbeid med Den europeiske unionen, framleis fremje utveksling av gode praksisar når det gjeld fri rørsle av personar, med sikte på å ytterlegare forbetre kontakten og utvekslinga mellom europearar på heile kontinentet.
5. Utvide rolla til Europarådets utviklingsbank
Vi ber Europarådets utviklingsbank (CEB), samtidig som vi stadfestar bankens tradisjonelle rolle på vegner av folk i naud og av sosial utjamning, om også å leggje til rette for, med sine eigne handlingsmiddel, gjennomføring av politikk som tek sikte på konsolidering av demokrati, fremjing av rettstryggleik og respekt for menneskerettar, særleg på området opplæring av dommarar, tenestemenn og andre deltakarar i det offentlege livet og innan organisering og drift av og infrastruktur i forvalting og offentleg rettsstell.
II – Styrkje tryggleiken til europeiske borgarar
1. Nedkjempe terrorisme
Vi fordømmer sterkt terrorisme, som utgjer eit trugsmål og ei stor utfordring for samfunnet vårt. Det krevst ein fast, sameint reaksjon frå Europa, som ein integrerande del av dei globale antiterrorfreistnadene under leiarskap av Dei sameinte nasjonane. Vi ynskjer velkomen den nye Europarådskonvensjonen om førebygging av terrorisme, som vart opna for underskriving under toppmøtet, og viser også til andre instrument og dokument som Europarådet har utarbeidd så langt for å nedkjempe terrorisme. Vi oppmodar alle medlemsstatane til å respektere menneskerettane og til å verne ofra når dei kjempar mot denne svepa, i samsvar med retningslinene som vart utarbeidde av Europarådet i høvesvis 2002 og 2005.
Vi vil identifisere andre retta tiltak for å nedkjempe terrorisme og sikre nært samarbeid og samordning av felles antiterrorfreistnader med andre internasjonale organisasjonar, særleg Dei sameinte nasjonane.
2. Nedkjempe korrupsjon og organisert kriminalitet
Gruppa av statar mot korrupsjon (GRECO) har prova at ho er effektiv. Derfor ber vi dei medlemsstatane som ikkje alt har slutta seg til gruppa, om å gjere det så snart som mogleg og å ratifisere den strafferettslege og den sivilrettslege konvensjonen om korrupsjon. Ettersom korrupsjon er eit global fenomen, vil Europarådet trappe opp samarbeidet med OECD og Dei sameinte nasjonane for å nedkjempe det på globalt plan. Ein auke i talet på medlemer i GRECO og ei ytterlegare utviding til å omfatte statar som ikkje er medlemer i Europarådet, ville medverke til at dette målet vert nådd. Vi rosar også arbeidet som er gjort av MONEYVAL for å overvake tiltak mot kvitvasking, mellom anna finansiering av terrorisme. MONEYVAL bør halde fram med å styrkje banda sine til Innsatsgruppa mot kvitvasking (FATF) under leiing av OECD.
Vi ynskjer velkomen revisjonen av konvensjonen om kvitvasking, ransaking, beslag og inndraging av økonomisk utbytte frå straffbare handlingar (1990) og opninga for underskriving av den reviderte konvensjonen på toppmøtet. Vi oppmodar til underskriving og ratifisering av konvensjonen.
Europarådet vil halde fram med å gjennomføre programma sine for fagleg hjelp for interesserte medlemsstatar. Det vil også støtte styrkt internasjonalt samarbeid i kampen mot tverrnasjonal organisert kriminalitet og narkotikahandel.
3. Nedkjempe handel med menneske
Vi fordømmer klart handel med menneske, som undergrev høvet til å nyte menneskerettar og er ei krenking av verdet og integriteten til mennesket. Vi ynskjer velkomen opninga for underskriving på toppmøtet av Europarådskonvensjonen om tiltak mot handel med menneske og oppmodar til vidast mogleg ratifisering og rask iverksetjing. Dette er eit stort steg i kampen mot handel med menneske. Det vil styrkje førebygginga av handelen med menneske, effektiv forfølging av gjerningsmennene og vernet av menneskerettane til ofra. Den uavhengige overvakingsmekanismen som konvensjonen skipar, vil sikre at partane kan gjennomføre han effektivt. Vi vil sikre nært samarbeid mellom Europarådet, Dei sameinte nasjonane, Den europeiske unionen og OSSE på dette området.
4. Nedkjempe vald mot kvinner
Europarådet vil gjere tiltak for å nedkjempe vald mot kvinner, mellom anna vald i heimen. Det vil oppnemne ei innsatsgruppe for å evaluere framgangen på nasjonalt plan og skipe instrument for å kvantifisere utviklingstrekk på alleuropeisk nivå med sikte på å utarbeide framlegg til tiltak. Det skal utarbeidast ein alleuropeisk kampanje for å nedkjempe vald mot kvinner, mellom anna vald i heimen, som skal gjennomførast i nært samarbeid med andre europeiske og nasjonale aktørar, mellom andre ikkje-statlege organisasjonar.
5. Nedkjempe kyberkriminalitet og styrkje menneskerettane i informasjonssamfunnet
Vi stadfestar at respekt for menneskerettane er viktig i informasjonssamfunnet; særleg gjeld dette ytrings- og informasjonsfridomen og retten til respekt for privatlivet.
Europarådet skal vidare utarbeide prinsipp og retningsliner for å sikre respekt for menneskerettane og rettstryggleiken i informasjonssamfunnet. Det vil ta tak i utfordringar som er skapt av bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologiar (IKT) med sikte på å verne menneskerettane mot brot som stammar frå misbruk av IKT.
Vi vil også ta initiativ til at medlemsstatane våre nyttar seg av dei føremonene som informasjonssamfunnet gjev. I denne samanhengen vil Europarådet undersøkje korleis IKT kan leggje til rette for demokratisk reform og praksis. Europarådet skal også halde fram arbeidet sitt om born i informasjonssamfunnet, særleg når det gjeld å utvikle dugleiken deira i mediekunne og sikre at dei vert verna mot skadeleg innhald.
Vi fordømmer alle former for IKT-bruk som fremjer kriminell aktivitet. Vi ber derfor alle medlemsstatane om å underskrive og ratifisere konvensjonen om kyberkriminalitet og å vurdere å underskrive tilleggsprotokollen om kriminalisering av handlingar av rasistisk og framandfiendtleg art som vert gjorde ved hjelp av datamaskinsystem, som er dei første bindande internasjonale instrumenta om emnet.
6. Fremje etikk innanfor biomedisin
Europarådet skal halde fram arbeidet sitt med å setje standardar for bioetikk. Vi oppmodar til underskriving av protokollen om transplantasjon, vedtaking av føresegner som tilsvarar tilrådingane om xenotransplantasjon, og ytterlegare arbeid om bruk av genetisk prøving utanfor det medisinske området som inneber diskriminering når det gjeld tilgang til sysselsetting og forsikring.
7. Fremje berekraftig utvikling
Vi er forplikta til å betre livskvaliteten for borgarane. Europarådet skal derfor, på grunnlag av eksisterande instrument, vidareutvikle og støtte integrerte politikkar på områda miljø, landskap, arealplanlegging og førebygging og handtering av naturkatastrofar, i eit berekraftig utvikling-perspektiv.
III – Byggje eit meir humant og inkluderande europa
Vi er overtydde om at sosial utjamning, samt utdanning og kultur, er avgjerande faktorar for å kunne få ei effektiv gjennomføring av Europarådets kjerneverdiar i samfunna våre og for den langsiktige tryggleiken til europearane. Europarådet vil derfor fremje ein modell for demokratisk kultur, som underbyggjer lovgjeving og institusjonar og aktivt involverer det sivile samfunnet og innbyggjarane.
1. Sikre sosial utjamning
Europarådet vil trappe opp arbeidet sitt på det sosialpolitiske området på grunnlag av den europeiske sosialpakta og andre aktuelle instrument. Den sentrale oppgåva er å saman definere tiltak og løysingar som kan vere effektive når det gjeld å kjempe mot fattigdom og utstøyting, å sikre rettferdig tilgang til sosial rettar og å verne utsette grupper. Europarådet, som fungerer som eit forum for alleuropeisk samarbeid på det sosiale området, vil utarbeide tilrådingar og fremje utveksling av bestepraksisar på desse områda samt styrkje hjelpa til medlemsstatane.
Vi pålegg ministerkomiteen å oppnemne ei høgnivåinnsatsgruppe til å gjennomgå Europarådets strategi for å fremje sosial utjamning på 2000-talet, i lys av dei resultata som organisasjonen har oppnådd på dette området. Politikkar til å fremje sosial utjamning må ta omsyn til dei utfordringane som aldring og andre sosiale og økonomiske utviklingstrekk stiller oss overfor.
Vi er samde om at vern av helse som ein sosial menneskerett er ein avgjerande føresetnad for sosial utjamning og økonomisk stabilitet. Vi støttar gjennomføringa av ei strategisk integrert tilnærming til helse og helserelaterte aktivitetar. Særleg vil arbeidet med lik tilgang til omsorg av høveleg kvalitet og tenester som oppfyller trongen til folket i medlemsstatane våre, verte intensivert. Identifisering av standardar for pasientorientert omsorg vil vere ein nøkkelkomponent i dette arbeidet.
Vi stadfestar forpliktinga vår til å kjempe mot all slags utstøyting av og utryggleik til romsamfunna i Europa og å fremje full og effektiv likskap. Vi ventar at Det europeiske forumet for rom og reisande vil tillate rom og reisande å uttrykkje seg med aktiv støtte frå Europarådet. Det vil verte teke steg for å skipe eit samarbeid mellom Europarådet, Den europeiske unionen og OSSE på dette området.
Vi vil konsolidere Europarådets arbeid med uførespørsmål og støttar vedtakinga og gjennomføringa av ein tiårshandlingsplan som er utforma med sikte på å få til avgjerande framgang når det gjeld å sikre like rettar for folk med funksjonshemmingar.
2. Byggje eit Europa for born
Vi er fastrådde på å effektivt fremje barnerettane og å fullt ut etterleve forpliktingane i FN-konvensjonen om barnerettane. Det vil verte gjennomført eit barnerettsperspektiv i alle aktivitetane til Europarådet, og det må sikrast ei effektiv samordning av barnerelaterte aktivitetar i organisasjonen.
Vi vil gjere konkrete tiltak for å utrydde alle former for vald mot born. Vi vedtek derfor å lansere eit treårig handlingsprogram for å ta tak i sosiale, rettslege, helsemessige og utdanningsmessige dimensjonar av dei ulike formene for vald mot born. Vi skal òg utarbeide tiltak, mellom anna rettslege instrument dersom det er høveleg, for å gjere slutt på seksuell utnytting av born og involvere det sivile samfunnet i denne prosessen. Samordning med Dei sameinte nasjonane på dette området er avgjerande, særleg i samband med oppfølging av den valfrie protokollen til konvensjonen om barnerettane, om sal av born, barneprostitusjon og barnepornografi.
3. Utdanning: fremje demokratisk borgarskap i Europa
Oppgåvene med å byggje eit kunnskapsbasert samfunn og å fremje ein demokratisk kultur blant borgarane våre krev sterkare innsats av Europarådet på området utdanning med sikte på å sikre tilgang til utdanning for all ungdom i heile Europa, å betre kvaliteten på utdanninga og å fremje mellom anna omfattande utdanning i menneskerettane.
Vi vil gjere full bruk av høvet til å auke medvitet hos ålmenta om europeiske standardar og verdiar som «det europeiske året for borgarskap gjennom utdanning» har gjeve oss. Europarådet skal byggje på arbeidet sitt om språklæring og godkjenning av diplom og kvalifikasjonar. Det skal framleis spele ei viktig rolle i Bolognaprosessen, som tek sikte på å skipe eit europeisk område for høgare utdanning innan 2010. Det vil aktivt fremje samarbeid og nettverksbygging på området utdanning og studentutvekslingar på alle plan.
Europarådet vil styrkje alle høve til opplæring av pedagogar på områda utdanning for demokratisk borgarskap, menneskerettar, historie og tverrkulturell utdanning. Det vil fremje aktuelle tverrkulturelle program og utvekslingar på vidaregåande skule-nivå, både innanfor Europa og med granneland.
Europarådet vil også vidareutvikle nettet av skular med politiske studium med sikte på å fremje europeiske kjerneverdiar blant dei nye generasjonane.
4. Utvikle ungdomssamarbeid
Vi vil intensivere freistnadene våre på å myndiggjere ungdom til å aktivt delta i demokratiske prosessar slik at dei kan medverke til fremjinga av kjerneverdiane våre. Europarådets ungdomssenter og Det europeiske ungdomsfondet er viktige instrument i denne samanhengen. Vi vil integrere eit ungdomsperspektiv i alle aktivitetane til Europarådet. For å fremje mangfald, integrering og deltaking i samfunnet vedtek vi å lansere ein alleuropeisk ungdomskampanje i pakt med «den europeiske ungdomskampanjen mot rasisme, framandfrykt, antisemittisme og intoleranse» (1995).
Europarådet vil vidareutvikle den unike stillinga det har på ungdomsområdet. Det vil framleis hjelpe medlemsstatane med å utvikle nasjonale og lokale politikkinstrument og aktivt fremje ungdomsutvekslingar og ungdomsmobilitet i Europa.
5. Verne og fremje kulturelt mangfald
Respekt for, og fremjing av, kulturelt mangfald på grunnlag av Europarådets verdiar er avgjerande føresetnader for å kunne utvikle eit samfunn grunna på solidaritet. Europarådet vil derfor utvikle strategiar for å handtere og fremje kulturelt mangfald og samtidig sikre utjamning i samfunnet. Vi ser positivt på at UNESCO har vedteke ein konvensjon om kulturelt mangfald.
Vi vil fremje dialog om rolla til kulturen i Samtids-Europa og definere måtar å støtte mangfald og artistisk kreativitet på, og samtidig forsvare kulturen som verdileverandør. Det vil verte teke steg for å styrkje tilgangen til kulturverk og kulturarv ved å fremje kulturelle aktivitetar og utvekslingar.
6. Fremje tverrkulturell dialog
Vi skal systematisk oppmuntre til tverrkulturell og tverreligiøs dialog, grunna på universelle menneskerettar, som eit middel til å fremje medvit, forståing, forsoning og toleranse, og til å førebyggje konfliktar og sikre integrering og utjamning i samfunnet. Aktiv deltaking av det sivile samfunnet i denne dialogen, som både menn og kvinner bør kunne delta i på like fot, må sikrast. Spørsmål som kulturelle og religiøse minoritetar står overfor, kan ofte best handsamast på lokalt plan. Derfor ber vi Kongressen for lokale og regionale styresmakter delta aktivt i desse spørsmåla og fremje bestepraksisar.
Vi vil styrkje samarbeid og samordning både innanfor Europarådet og med andre regionale og internasjonale institusjonar. For å oppnå dette skal det oppnemnast ein samordnar for tverrkulturell dialog innanfor Europarådet for i samarbeid med eksisterande strukturar å overvake gjennomføringa av dei praktiske programma til organisasjonen og sikre samordning med andre institusjonar.
Vi er overtydde om at dialogen mellom kulturar også vert styrkt av ei nøyaktig forståing av historia, og støttar Europarådets arbeid med historieundervisning og skylde prosjekt, og vedtek å intensivere freistnadene våre i denne retninga. Vi oppmodar det sivile samfunnet til å delta meir aktivt i dette arbeidet.
Vi er forplikta til ein ny dialog mellom Europa og granneregionane – landa sør for Middelhavet, Midtausten og Sentral-Asia – grunna på dei ovannemnde prinsippa. Vi rosar arbeidet som Nord-sør-senteret har gjort for å fremje denne dialogen, samt oppgåva som senteret har med å fremje europeisk medvit om tverrkulturelle spørsmål og utviklingsspørsmål.
7. Fremje idrett
Vi legg stor vekt på den effektive gjennomføringa av antidopingkonvensjonen og den europeiske konvensjonen om tilskodarvald og upassande åtferd på idrettsarrangement og særleg på fotballkampar, som er referansetekster i folkeretten. I tråd med ministerkomiteens tilråding R(99)9 om idretten si rolle i fremjinga av sosial utjamning tilrår vi at Europarådet skal halde fram med aktivitetane sine, som tener som referansar på idrettsområdet.
8. Handtere migrasjon
Vi er klar over at folkevandringar innanfor Europa og frå andre kontinent til Europa er viktige. Å handtere denne migrasjonen er ei stor utfordring for Europa på 2000-talet. Vi meiner derfor at Europarådet bør vidareføre aktivitetane sine på dette området, i samarbeid med Den europeiske unionen, for å medverke til ei meir balansert handtering av migrasjon i heile Europa.
IV – Fremje samarbeid med andre internasjonale og europeiske organisasjonar og institusjonar
Vi er sterkt forplikta til å sikre nært samarbeid og samordning når det gjeld internasjonale tiltak, særleg på den europeiske scena. Europarådet, Den europeiske unionen og OSSE vil derfor arbeide med auka synergi og komplementaritet på grunnlag av si respektive mynd og sakkunne.
1. Tilhøvet til Den europeiske unionen
Med tanke på det viktige tilskotet som Europarådet har ytt til demokrati, utjamning og stabilitet i Europa, oppmodar vi Europarådet til
å styrkje tilhøvet sitt til Den europeiske unionen slik at Europarådets og Den europeiske unionens resultat og framtidige arbeid med å setje standardar vert teke omsyn til, når det passar, i kvarandre sine aktivitetar,
å styrkje samarbeidet med Den europeiske unionen på området menneskerettar og grunnleggjande fridomar, fremjing av pluralistisk demokrati og rettstryggleik,
å styrkje samarbeidet med Den europeiske unionen på område av felles interesse, særleg på det rettslege området, det kulturelle området, ungdomsområdet og det sosiale området, mellom anna når det gjeld sams program og samarbeid med spesialorgan under Europarådet, til dømes Veneziakommisjonen, Komiteen for førebygging av tortur, Gruppa av statar mot korrupsjon, Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse, Kommissæren for menneskerettar og Den europeiske kommisjonen for effektivitet i rettsstellet.
På grunnlag av dei vedlagde retningslinene vil det verte utarbeidd eit utkast til ei programerklæring mellom Europarådet og Den europeiske unionen for å skape ei ny ramme for styrkt samarbeid og politisk dialog. Det bør særleg fokuserast på korleis Den europeiske unionen og medlemsstatane i unionen kan gjere betre bruk av dei tilgjengelege instrumenta og institusjonane til Europarådet, og på korleis alle medlemene i Europarådet kan dra fordel av nærare samband med Den europeiske unionen.
2. Tilhøvet til OSSE
Vi oppmodar Europarådet til å trappe opp og rasjonalisere samarbeidet med OSSE på grunnlag av dei spesifikke oppgåvene og komparative føremonene dei har, og samtidig unngå dobbeltarbeid. Særleg oppmodar vi til nærare samarbeid med OSSE på dei områda som samordningsgruppa har prioritert, og som seinare er vedtekne av dei styrande organa i dei to organisasjonane, som byrjar med kampen mot terrorisme, vern av rettane til personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar, tiltak mot handel med menneske og fremjing av toleranse og ikkje-diskriminering.
I denne samanhengen ynskjer vi velkomen den vedlagde felleserklæringa om styrkt samarbeid mellom Europarådet og OSSE.
3. Tilhøvet til Dei sameinte nasjonane
Vi oppmodar Europarådet til å trappe opp samarbeidet med Dei sameinte nasjonane og dei underliggjande spesialorgana både for å fremje dei universelle verdiane på menneskerettsområdet, som medlemslanda i Europarådet deler, og for å nå tusenårsmåla til Dei sameinte nasjonane i Europa, særleg målet om at alle skal ha rett til å bu i eit balansert og sunt miljø.
V – Gjennomføre handlingsplanen: eit ope og effektivt europaråd
Vi pålegg ministerkomiteen å gjere tiltak for å sikre at denne handlingsplanen vert gjennomført raskt av dei ulike organa i Europarådet, eventuelt i samarbeid med andre europeiske eller internasjonale organisasjonar.
Som ei høgt prioritert oppgåve pålegg vi ministerkomiteen og generalsekretæren, med hjelp frå uavhengige sakkunnige, å gje ny framdrift til prosessen med reform av organisasjonsstrukturane og arbeidsmetodane til Europarådet. Prosessen skal byggje på arbeid som alt er i gang, og ta sikte på at organisasjonen skal vere effektiv i høve til målsetjingane sine, samtidig som det må takast budsjettmessige omsyn. Det bør leggjast særleg vekt på tiltak som vil sikre ytterlegare openskap og kostnadseffektivitet samt internt samarbeid og kunnskapsdeling.
Denne reformprosessen vil vere føremål for jamlege framdriftsrapportar til ministerkomiteen. Han skal drøftast på ministermøtet i mai 2006
D2.1 Retningsliner for tilhøvet mellom Europarådet og Den europeiske unionen
Europarådet og Den europeiske unionen grunnar tilhøvet mellom seg på alle saker av felles interesse, særleg fremjing og vern av pluralistisk demokrati, respekt for menneskerettar, grunnleggjande fridomar og rettstryggleik, politisk og rettsleg samarbeid, sosial utjamning og kulturell utveksling. Desse felles verdiane dannar grunnlaget for den demokratiske stabiliteten og tryggleiken som samfunna og borgarane våre søkjer, og medverkar til større utjamning i Europa og fremjar allmenn einskap.
Styrkt partnarskap og komplementaritet bør styre det framtidige tilhøvet mellom Europarådet og Den europeiske unionen for å styrkje det praktiske samarbeidet på alle område av felles interesse.
Den felles målsetjinga om eit Europa utan nye skiljeliner kan best tenast ved å gjere høveleg bruk av normene og standardane samt røynsla og sakkunna som er utvikla i Europarådet i eit halvt hundreår.
Ei snarleg tilmelding av Den europeiske unionen til den europeiske menneskerettskonvensjonen ville medverke sterkt til å sikre samanheng på menneskerettsområdet i Europa. Det førebuande arbeidet bør trappast opp slik at denne tilmeldinga kan finne stad så snart som mogleg etter at grunnlovstraktaten har teke til å gjelde. Omsyn teke til mynda til Det europeiske fellesskapet bør tilmelding til andre av Europarådet sine konvensjonar og involvering av Europarådet sine mekanismar vurderast på grunnlag av ein detaljert gjennomgang.
Det rettslege samarbeidet mellom Europarådet og Den europeiske unionen bør halde fram og utviklast vidare slik at det vert nyttig og høveleg til gagn for alle europeiske borgarar, mellom anna ved å ta sikte på større komplementaritet mellom dei rettslege tekstene til Den europeiske unionen og dei rettslege tekstene til Europarådet. Den europeiske unionen skal gjere sitt beste for å innarbeide i EU-retten dei aspekta i europarådskonvensjonane som ligg innanfor si mynd.
Europarådet vil, på grunnlag av den sakkunna det har, og gjennom sine ulike organ, framleis gje støtte og råd til Den europeiske unionen, særleg på områda menneskerettar og grunnleggjande fridomar, demokrati og rettstryggleik.
Samarbeidet mellom Den europeiske unionen og spesialorgan under Europarådet bør styrkjast. Den europeiske unionen skal særleg nytte seg fullt ut av Europarådets sakkunne på område som menneskerettar, informasjon, kyberkriminalitet, bioetikk, ulovleg handel og organisert kriminalitet, når det trengst tiltak på område der Europarådet har kompetanse.
Når menneskerettskontoret til Den europeiske unionen vert skipa, bør dette vere eit høve til å auke samarbeidet med Europarådet ytterlegare og medverke til større samanheng og styrkt komplementaritet.
Med tanke på at Europarådet og Den europeiske unionen har eit felles mål om å styrkje den demokratiske stabiliteten i Europa, bør dei intensivere den felles innsatsen for å skape betre alleuropeiske tilhøve, medrekna ytterlegare samarbeid i dei landa som deltek i Den europeiske unionens grannelagspolitikk og stabiliserings- og assosieringsprosessar.
For å få ei kvalitativ forbetring i tilhøvet bør begge organisasjonane arbeide for felles aktivitetar når dei tilfører verdi til dei respektive freistnadene sine. Den europeiske unionen og Europarådet bør samrå seg jamleg på alle høvelege plan, medrekna det politiske planet, for å gjere betre bruk av kvarandre si aktuelle sakkunne. Slike samråd ville føre til betre samordning av politikk og tiltak og til ytterlegare overvaking av pågåande samarbeid. Dessutan bør nærveret til Den europeiske unionen styrkjast ved at det vert skipa eit fast kontor til Europarådet så snart som mogleg.
D2.2 Erklæring om samarbeid mellom Europarådet og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa
Medlemsstatane i Europarådet og deltakarstatane i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa - som minnest vedtaka som vart gjorde i desember 2004 av Europarådets komité av faste representantar (nr. CM/865/01122004) og det faste rådet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (nr. 637), som erkjenner trongen for å tilpasse tilhøvet mellom dei to organisasjonane til det framveksande internasjonale miljøet, med tilbørleg respekt for måla og prinsippa som er nedfelte i Europarådets vedtekter og OSSE-pakta for europeisk tryggleik og andre omsamde dokument og vedtak frå begge organisasjonane, som har sett seg føre å arbeide for eit heilt og fritt Europa utan skiljeliner og grunna på delte verdiar og ei felles forplikting til demokrati, respekt for menneskerettar, rettstryggleik, full tryggleik, sosial rettferd og marknadsøkonomi, som er overtydde om at for å nå denne målsetjinga må dei to organisasjonane samarbeide nærare for å finne fram til effektive samordna svar på trugsmåla og utfordringane på 2000-talet på grunnlag av prinsippa om komplementaritet, openskap og demokratisk ansvar samtidig som sjølvstyret, ulikt medlemsskap og dei særskilte oppgåvene til kvar organisasjon vert respekterte, som er fastrådde på å grunne dette styrkte samarbeidet på Europarådets gjeldande rett og OSSEs politiske forpliktingar, som ynskjer velkomen arbeidet som er påbyrja av samordningsgruppa som vart oppnemnd i desember 2004, som illustrerer forpliktinga som medlems- og deltakarstatane har til styrkt samarbeid mellom dei to organisasjonane - oppmodar samordningsgruppa til i arbeidet sitt å prioritere utforming av konkrete tilrådingar om korleis ein kan fremje samordning og samarbeid mellom dei to organisasjonane på område av felles interesse og samtidig ta omsyn til arbeidet til organisasjonane på området og byrje med spørsmål som gjeld kampen mot terrorisme, vern av rettane til personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar, nedkjemping av handel med menneske samt fremjing av toleranse og ikkje-diskriminering, er for dette føremålet samde om at det bør utgreiast ulike former for samarbeid mellom dei to organisasjonane, til dømes fellesmøte og fellesaktivitetar, med meir aktiv deltaking frå medlems- og deltakarstatane, for å skape synergiverknader og unngå unødig dobbeltarbeid, samtidig som det likevel vert teke fullt omsyn til at dei to organisasjonane er av ulik art og har ulik medlemsskap, og for å gjere best mogleg bruk av dei komparative føremonene deira, ber om betre samordning innanfor dei nasjonale forvaltingane i medlems- og deltakarstatane for å sikre at dei ovannemnde prinsippa vert effektivt gjennomførde, vedtek å leggje denne erklæringa fram for både parlamentarikarforsamlinga i Europarådet og parlamentarikarforsamlinga i OSSE og ville sett med glede på om dei ville styrkje samarbeidet mellom dei to forsamlingane.