2 Finansiell stabilitet
2.1 Innleiing
I finansiell stabilitet ligg det at det finansielle systemet er robust overfor forstyrringar i økonomien, slik at det er i stand til å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte. For å sikre finansiell stabilitet er det nødvendig at finansinstitusjonane har tilstrekkelege bufferar til å tole tap, finansmarknadene må ha reglar som fungerer under stress, og betalingssystema må ha tilstrekkelege sikkerheiter.
Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre, eller analysere utsiktene til, finansiell stabilitet. Det internasjonale samarbeidet på området er blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet.
Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad og arbeider særleg med rammevilkåra. Kredittilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank og Kredittilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank og Kredittilsynet overvaker derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Kapittel 5.1.2.3 gir ein omtale av betalingssystema og risikoen i dei.
Det er viktig at styresmaktene har ei felles forståing av situasjonen i finansmarknadene, og at eventuelle særlege tiltak er koordinerte. Samarbeidet mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank blei ytterlegare formalisert i 2006 ved at det blei skipa eit trepartsmøte mellom dei tre institusjonane. Slike møte vil bli haldne om lag kvart halvår og elles etter behov. I møta vil utsiktene for finansiell stabilitet bli drøfta, samstundes som ein òg vil gå gjennom erfaringar frå kriseøvingar og drøfte samarbeidet ved behandling av eventuelle kriser.
I dette kapitlet omtalar vi først hovudtrekka i norsk og internasjonal økonomi.
Seinare i kapitlet omtalar vi ulike slag risikoar i finansmarknaden, som marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Talmaterialet til kapitlet og bakgrunnsinformasjon frå kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet. Til slutt i kapitlet blir utviklinga i finansmarknaden og resultata til finansinstitusjonane omtala.
2.2 Den økonomiske situasjonen – hovudtrekk
Resultata i finansinstitusjonane er prega av konjunkturane og utviklinga i ulike formuesprisar. Noreg har ein liten og open økonomi, og blir påverka av utviklinga i finansmarknadene internasjonalt. Når ein skal vurdere utsiktene til finansiell stabilitet i den norske finansmarknaden, bør ein gjere det i lys av utviklinga i konjunkturar og marknader ute og heime. I dette underkapitlet følgjer derfor ein kort gjennomgang av utviklinga i norsk og internasjonal økonomi som bakgrunn for etterfølgjande kapittel.
Verdsøkonomien har vakse kraftig over fleire år. I fjor var BNP-veksten hos Noregs viktigaste handelspartnarar på 3,2 prosent. Den siste tida har likevel vore prega av auka usikkerheit om utviklinga framover, og sidan august i fjor har finansmarknadene vore prega av uro. Fleire svake nøkkeltal frå USA har gitt grobotn for meir pessimistiske vurderingar om vekstutsiktene og om faren for eit markert tilbakeslag. Også i Europa tyder dei økonomiske indikatorane på dempa vekst. Sjølv om veksten i verdsøkonomien dei siste åra har vore breitt basert, med særleg sterk vekst i fleire framveksande marknader i Asia, kan eit tilbakeslag i USA ha negative konsekvensar for den økonomiske veksten i andre delar av verda.
Oljeprisen steig kraftig gjennom fjoråret og var ved utgangen av året på 95 USD pr. fat (ca. 513 NOK). I første kvartal i år har oljeprisen halde seg høg, 97 USD pr. fat (ca. 514 NOK pr. fat). Saman med auka prisvekst på matvarer har oljeprisauken bidrege til ein viss oppgang i konsumprisane hos handelspartnarane våre. Samla sett auka konsumprisveksten hos Noregs handelspartnarar frå 1,9 prosent i 2006 til 2,1 prosent i 2007.
Førebels nasjonalrekneskapstal viser at BNP for Fastlands-Noreg auka med heile 6 prosent frå 2006 til 2007, eitt prosentpoeng meir enn det som er lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet 2008. Veksten i 2007 var den høgaste sida 1971. Det var vekst i alle delar av økonomien. Sterk oppgang i inntektene til hushalda bidrog til kraftig auke forbruket og bustadinvesteringar. Også investeringane i oljeverksemda og i føretaka på fastlandet auka kraftig. Arbeidsmarknaden stramma seg ytterlegare til gjennom fjoråret. Sysselsetjinga auka markert, og arbeidsløysa har ikkje vore lågare på 20 år.
BNP for Fastlands-Noreg blei i Nasjonalbudsjettet 2008 anslått til å auke med 2,8 prosent i år. Anslaget inneber ei klar avdemping samanlikna med i fjor. Det er venta at den stramme arbeidsmarknaden og høg lønnsauke i hushalda framleis er med på å auke i forbruket, medan bustadinvesteringane er venta å flate ut på eit høgt nivå. Saman med utsikter til framleis høge bedriftsinvesteringar er konsumauken ein viktig vekstpådrivarar også i 2008.
Arbeidsmarknaden er stram. Mange bedrifter melder om problem med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Samtidig er det framleis svært god vekst både i arbeidstilbodet og i sysselsetjinga. I Nasjonalbudsjettet 2008 la ein til grunn at sysselsetjinga ville auke med 1 prosent frå 2007 til 2008, svarande til 25 000 personar. Arbeidsløysa (AKU) blei anslått til 2 ½ prosent av arbeidsstyrken. Utviklinga i arbeidsmarknaden har vore noko sterkare enn venta sidan Nasjonalbudsjettet 2008 blei lagt fram. Sysselsetjinga har auka raskt, og arbeidsløysa (AKU) var ved utgangen av året nede i 2,4 prosent av arbeidsstyrken.
Konsumprisane (KPI) auka i snitt med 0,8 prosent frå 2006 til 2007, mot 2,3 prosent året før. Elektrisitetsprisutviklinga åleine drog veksten i KPI ned med nærare eitt prosentpoeng. Svak prisutvikling på mellom anna klede drog også i same retning, medan prisauken på norskproduserte varer og tenester utanom energivarer blei høgare enn i 2006. Justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) auka prisane med 1,4 prosent frå 2006 til 2007. Mot slutten av året steig veksten i KPI-JAE. For 2008 blei det til Nasjonalbudsjettet 2008 anslått ein vekst i KPI på 2 ½ prosent og i KPI-JAE på om lag 2 prosent. Utviklinga i elektrisitetsprisane trekkjer i retning av at auken i KPI blir noko høgare enn anslått til Nasjonalbudsjettet.
Auken i lønningane har teke seg opp, noko som må sjåast i samanheng med den stramme arbeidsmarknaden. Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera har førebels berekna årslønnsveksten i 2007 til 5,4 prosent for alle lønnstakarar under eitt, mot 4,1 prosent i 2006. Årslønnsveksten blei i Nasjonalbudsjettet 2008 anslått til 5 prosent i år.
2.3 Nærare om ulike risikoar i finansmarknaden og finansføretaka
Finansmarknaden og finansføretaka skal leggje til rette for at samfunnet og brukarar av finansielle tenester kan setje av ressursar på ein effektiv og trygg måte. Solide finansinstitusjonar er ein premiss for velfungerande finansmarknader. Dersom det finansielle systemet ikkje fungerer tilfredsstillande, kan tilgangen på kreditt og betalingsformidling bli forstyrra. Det kan få uønskte konsekvensar for produksjon, sysselsetjing og prisstiging.
Som ein del av det samla soliditetstilsynet er det dei siste åra lagt stor vekt på å førebyggje finansielle kriser for å skåne kundane og samfunnet for tap. Dei viktigaste typane risiko i finansmarknaden er marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. For bankar og andre kredittinstitusjonar er kredittrisiko og likviditetsrisiko viktigast. Operasjonell risiko er viktig for verdipapirføretaka, medan forsikringsrisiko og marknadsrisiko betyr mest for forsikringsselskapa.
Oppbygging av reservar som er tilpassa risikoen i kvar enkelt finansinstitusjon, har vore og er nødvendig for å sikre solide finansinstitusjonar. Det må understrekast at kvar einskild finansinstitusjon har det primære ansvaret for å sjå til at så er tilfelle. God risikostyring i kvar enkelt finansinstitusjon, kombinert med eit aktivt tilsyn frå Kredittilsynet, er avgjerande for å identifisere og overvake den risikoen som kvar einskild finansinstitusjon utset seg for. Meir generelt arbeider Kredittilsynet og Noregs Bank med å kartleggje utsiktene til finansiell stabilitet. Dette arbeidet kan gi viktige signal om når – og kvar – faren for finansiell krise er størst.
Boks 2.1 Nordisk-baltisk bankkriseøving
Som eit ledd i arbeidet med finansiell stabilitet deltok Finansdepartementet i ei nordisk-baltisk bankkriseøving i september 2007. Øvinga blei avtala i oktober 2006, og hadde såleis ingen samanheng med den aktuelle uroa i finansmarknadene frå midten av 2007. Hovudmålet med øvinga var å trene på koordinering mellom styresmakter både nasjonalt og på tvers av landegrensene i ein finansiell krisesituasjon. Deltakarane i øvinga var sentralbankane, finanstilsyna og finansdepartementa i Sverige, Finland, Danmark, Island og Noreg, og dessutan sentralbankane i Estland, Latvia og Litauen. Ei styringsgruppe med medlemmer frå alle dei deltakande land planla og leidde øvinga, med hjelp av ein ekstern konsulent frå det britiske selskapet Crisis Management Analytics Limited (CMA).
Finansdepartementet meiner at øvinga var nyttig og bidrog til å forbetre forståinga av dei særskilde utfordringane med å handtere ei finansiell krise som involverer bankar med verksemd i fleire land.
2.3.1 Den internasjonale finansuroa
Låge renter, optimisme om framtidig utvikling og introduksjonen av nye finansieringsinstrument har medverka til sterk vekst i prisane på aksjar, bustader og andre formuesobjekt i mange land dei siste åra. Men i løpet av fjoråret blei oppgangen avløyst av store verdifall. Uroa i finansmarknadene har halde fram i år, og det er stor usikkerheit om den vidare utviklinga.
Uroa i finansmarknadene blei utløyst av fallande bustadprisar i USA og aukande misleghald av bustadlån som var gitt til amerikanske låntakarar med låg betalingsevne (såkalla subprime-lån). Omstrukturering og vidaresal av subprime-lån har gjort det vanskeleg å få oversikt over kven som har sete med sluttrisikoen til dei dårlege låna. Ut frå det blei bankar meir tilbakehaldne med å yte lån til andre bankar, noko som førte til at risikopåslaga på renta i interbankmarknaden auka kraftig. Fleire internasjonale bankar har tapt store beløp og fått tilført ny kapital. Hittil er det rapportert om tap og nedskrivingar på over 230 milliardar amerikanske dollar. Den femte største investeringsbanken i USA var på eit tidpunkt helt avhengig av kriselån frå Federal Reserve. Tiltaka frå sentralbanken bidrog til at investeringsbanken blei teke over av ein annan bank. Også fleire institusjonar i Europa har hatt problem, blant anna er ein betydeleg bustadlånsbank i Storbritannia blitt nasjonalisert.
Dei største sentralbankane, mellom andre Federal Reserve i USA, Den europeiske sentralbanken (ECB) og Bank of England, iverksette frå og med desember 2007 koordinerte tiltak for å tilføre likviditet til interbankmarknadene. Desse tiltaka førte til at rentene på lån mellom bankane mellombels kom ned mot meir normale nivå i forhold til styringsrentene til sentralbankane, men nye tapsrapporteringar og anna førte til at rentepåslaga tiltok igjen. Den amerikanske sentralbanken har òg møtt uroa med fleire rentenedsetjingar og gjennom å introdusere fleire nye lånefasilitetar der banken har gått lenger enn vanleg i å akseptere eit breitt utval av papir som pant for utlåna sine.
Risikopåslaget på selskapsobligasjonar har auka, slik at finansieringskostnadene for føretakssektoren har stige. Uroa i kredittmarknadene blei forsterka av aukande usikkerheit om soliditeten til amerikanske selskap som forsikrar obligasjonslån og andre typar gjeldsinstrument – såkalla monolines. Mange bankar har stramma inn utlånspraksisen sin overfor hushald og bedrifter som følgje av den auka usikkerheita og den spente situasjonen i interbankmarknadene. Tilstramminga i kredittmarknaden og ei generell tilbakehalden innstilling blant bankar med å yte lån blir trekt fram som ein betydeleg risikofaktor for vekstutsiktene internasjonalt.
Uroa har ført til ein sterk auke i prisane på overføring av kredittrisiko, såkalla «Credit default swaps» (CDS) for både bankar og andre føretak, jf. figur 2.1. CDS er ei forsikring (vern mot misleghald) for kjøpar på at hovudstolen blir betalt tilbake.
Som følgje av uroa og utsikter til svakare vekst i internasjonal økonomi har internasjonale børsar falle markert. Samtidig etterspør investorar i større grad meir sikre papir, m.a. statsobligasjonar, noko som har ført til rentefall på korte og lange statspapir. Utviklinga i renter og aksjekursar reflekterer at marknadsaktørane har nedjustert forventningane sine til veksten i verdsøkonomien. Frå først i juli 2007 og fram til 8. april 2008 har verdien av den amerikanske børsindeksen S&P 500 falle med om lag 10 prosent, den japanske Nikkei-indeksen med 27 prosent og europeiske Euronext 100 med 18 prosent. Fallet i aksjeverdien har vore særleg markert for finansaksjar. Nedgangen i aksjemarknadene kjem rett nok etter fleire år med sterk verdiauke.
Norske bankar og finansinstitusjonar har vore lite direkte eksponerte mot subprime-marknaden. Men bankar og finansinstitusjonar i Noreg blir påverka av auka finansieringskostnader og gjennom utviklinga i prisane på obligasjonar og aksjar. Bankane sin marknadsrisiko er nærare omtala i kapittel 2.3.4.
2.3.2 Kredittrisiko
Kredittrisiko er risikoen for tap som følgje av at motpartar ikkje innfrir skyldnadene sine, til dømes når ein låntakar ikkje betaler renter eller avdrag. Kredittrisiko seier noko om kor truleg det er at motparten ikkje vil innfri skyldnadene sine, og tapet institusjonen i så fall vil pådra seg, når ein tek omsyn til verdien av den tryggleiken institusjonen har. Det er i hovudsak bankane som har kredittrisiko gjennom utlån til hushalda og ikkje-finansielle føretak. Ved utgangen av 2007 utgjorde bankane sitt utlån til publikum 70 prosent av samla utlån.
Tolvmånadersveksten for innanlandsk kreditt (K2) var 14,1 prosent ved utgangen av 2007, mot 14,4 prosent ved utgangen av 2006. K2 er eit tilnærma mål for kor stor bruttogjeld publikum (hushald, ikkje-finansielle føretak og kommuneforvaltninga) har i norske kroner og utanlandsk valuta. Ved utgangen av desember 2007 var årsveksten i utlån til hushalda 11,2 prosent, ein auke til 1 740 milliardar kroner. Tolvmånadersveksten i utlån til innanlandske føretak var heile 20,6 prosent ved utgangen av 2007. Dette er høg årsvekst, og den høgste som er registrert sidan september 2006. Den sterke veksten i den innanlandske gjelda til føretaka kan ha samanheng med at føretaka i større grad enn tidlegare finansierer seg innanlands som følgje av uroa i dei internasjonale kredittmarknadene.
Tolvmånadersveksten i publikums samla bruttogjeld (K3) var 16,1 prosent ved utgangen av desember 2007. K3 omfattar i tillegg til K2 også publikums utanlandsgjeld.
Låneopptaket til hushald og føretak er eit resultat av samvirket mellom etterspurnaden etter, og tilbodet av, kreditt. Noregs Bank publiserte 27. mars 2008 ei undersøking som har som hovudmål å gi kvalitativ informasjon om etterspurnaden etter, og tilbodet av, nye lån. Undersøkinga tyder på at bankane føretok ei viss innstramming i vilkåra for å gi lån til ikkje-finansielle føretak i fjerde kvartal 2007, og at dei òg føretok ei marginal innstramming av vilkåra for å gi lån til hushald. Endringar i bankane sin tilgang til ny kapital, endra risikovilje og endra makroøkonomiske utsikter var årsaka til innstramminga.
Hushalda og ikkje-finansielle føretak si evne til å bere gjeld kan målast med gjelds- og rentebelastninga. Gjeldsbelastninga uttrykkjer forholdet mellom gjeld og inntekt, medan rentebelastninga uttrykkjer forholdet mellom renteutgifter og inntekt. Dess høgare gjelds- og rentebelastninga er, dess meir sårbar er hushalda eller føretaka si evne til å betale ned gjeld.
For einskilde føretak eller hushald kan gjeldsbelastninga stige brått ved inntektsfall. For større grupper av hushald eller føretak er langvarige trendar i gjeldsbelastninga ofte knytte til eit ønske om å ta opp eller betale ned gjeld. Ein slik langvarig trend i retning av auka gjeldsbelastning går fram av figur 2.3. Trass i auka usikkerheit i internasjonal økonomi og i norske renter er det ingen klare teikn til at hushalda har ønskt å stabilisere gjeldsbelastninga i 2007 gjennom å redusere låneopptaka.
2.3.2.1 Kredittrisiko ved lån til hushalda
I dei siste kredittmeldingane er det blitt lagt mykje vekt på låna til hushalda. Grunnen er at høg vekst i hushalda si gjeld i ein situasjon der gjeldsbelastninga alt er høg, er ein risikofaktor for finansiell stabilitet i Noreg. Hushalda si gjeld har vakse raskt sidan 2000, sjå figur 2.3. Veksten har mellom anna vore driven av låge renter og sterk vekst i bustadprisar og inntekt.
Bankane sine utlån til personkundar og bedriftskundar som del av totale bruttoutlån har endra seg noko dei siste åra. Ved utgangen av 2007 var prosentdelen av utlån til personkundar 57. Nærare 90 prosent av bankutlåna til personkundar er lån med pant i bustad. Bankane sin kredittrisiko er såleis i sterk grad knytt til utviklinga i bustadmarknaden.
Bustadprisane var i mars 2008 332 prosent høgare enn i botnåret 1992. God vekst i hushalda sine inntekter, låge renter og fallande arbeidsløyse har truleg medverka til prisveksten. Den høge og vedvarande bustadprisveksten har lyfta dagens bustadprisar 202 prosent over nivået i 1987, det førre toppåret i den norske bustadprissyklusen. Gjennom 2007 synest utviklinga i den norske bustadmarknaden likevel å ha snudd. Tolv-månadersveksten i mars 2008 var -0,1 prosent. Både auka renter og eit generelt høgt bustadprisnivå er truleg viktige årsaker til den svakare utviklinga i bustadmarknaden. Samtidig er også ei svært ekspansiv tilbodsside med på å dempe prisauken. Det er blitt bygd svært mange nye bustader dei siste åra. For 2007 sett under eitt blei det sett i gang bygging av 32 520 nye bustader, mot 33 314 i 2006.
Meir fleksible låneprodukt har gjort det mogleg for hushalda å greie ei høgare gjeld med ei gitt inntekt. Det har truleg medverka til gjeldsveksten både i Noreg og andre land. Gjennomsnittleg løpetid på nye bustadlån har auka noko dei siste åra, og lån med avdragsfrie periodar er blitt meir utbreidde. For hushald som får problem med å betale ned gjelda, kan ein avdragsfri periode gi ein mellombels utgiftslette og betring i økonomien. Men avdragsfrie periodar aukar låneutgiftene etter at perioden er over, og utviklinga i bustadmarknaden i USA i seinare tid syner kor viktig det er at det blir teke omsyn til denne effekten når avdragsfrie lån blir innvilga.
Dei siste åra har bankane introdusert låneprodukt som gjer det enklare å frigjere bustadkapital, såkalla rammelån med pant i bustad. Volumet av denne type låneprodukt frå bankane og kredittføretaka auka med over 100 prosent frå utgangen av 2006 til utgangen av 2007, til om lag 200 milliardar kroner. Rammelån utgjorde 17 prosent av totale utlån med pant i bustad ved utgangen av 2007.
Kredittilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. I den ordinære undersøkinga for 2007 gjekk ein gjennom 10 forretningsbankar, av dette 4 filialar av utanlandske bankar og 19 sparebankar. Dette utvalet stod for om lag 85 prosent av totale bankutlån med pant i bustad til privatkundar.
Tal frå undersøkinga viste at for lån der formålet var å kjøpe bustad, hadde 64 prosent ein lånegrad over 80 prosent, noko som er to prosentpoeng lågare enn i 2006. For lån utover 100 prosent var det ein nedgang på tre prosentpoeng til, 27 prosent.
Totalt blei kvart femte lån i undersøkinga gitt med avdragsfritak, mot kvart sjette lån i 2006. Gjennomsnittleg avdragsfritak var tilnærma uendra på i overkant av fire år. Låg fastrentedel inneber at norske hushald er meir sårbare ved uventa renteaukar enn hushald i land der fastrentedelen er høgare. I undersøkinga frå 2007 blei berre 1,3 prosent av nye lån gitt med fast rente. Av totale lån gitt frå alle bankar, finansieringsføretak og statlege låneinstitusjonar til personkundar var prosentdelen med fast rente 5,9 ved utgangen av 2007. Av desse hadde 4,0 prosent ei bindingstid over eitt år.
Gjennomsnittleg gjeldsbelastning for alle hushald, som oppgitt i figur 2.3 gir berre ei avgrensa innsikt i gjeldsbelastninga hos låntakarane. Men bankane rapporterer også lånekundane si gjeldsbelastning (definert som total gjeld/brutto årsinntekt). Den gjennomsnittlege gjeldsbelastninga for kundane som er inkluderte i undersøkinga, auka i forhold til eitt år tidlegare. Låntakarar som er yngre enn 35 år, hadde ei gjennomsnittleg gjeldsbelastning på 313 prosent, 24 prosentpoeng høgare enn i undersøkinga frå 2006. For låntakarar som er eldre enn 35 år, auka den gjennomsnittlege gjeldsbelastninga med 15 prosentpoeng, til 259 prosent.
Boks 2.2 Marknaden for bustadlån i andre land
Bustadprisane har sidan byrjinga av 1990-talet stige over store delar av verda. Bustadprisveksten har vore driven av globale faktorar som høg økonomisk vekst og låge lånerenter.
Det siste året har bustadprisane begynt å falle i ein del land. I USA begynte bustadprisane å falle i andre halvår i 2006. Fallet i bustadmarknaden kom som ein følgje av auka bustadrenter, svakare økonomisk utvikling og aukande misleghald på bustadlån med svært svak kredittkvalitet (subprime-bustadlån). Amerikanske subprime-bustadlån er kjenneteikna av at låntakarane har dårleg historikk med tanke på å betale ned gjeld, låg kredittscore og/eller svært høg rentebelastning, ofte meir enn 50 prosent. Denne typen lån har auka sterkt dei seinare åra, understøtta av aggressive låneformidlarar. Blant femtedelen av hushalda med lågast inntekt i USA hadde dobbelt så mange teke opp bustadlån i 2004 som i 1989. Subprime-låna har i over halvparten av tilfella fast og låg rente dei to-tre første åra, før renta blir flytande og blir heva betydeleg. Den amerikanske bustadlånmarknaden er på vel 10 000 mrd. USD, av dette utgjer subprime-låna om lag 14 prosent. Det har vore ein sterk auke i misleghald på denne typen bustadlån – til nær 15 prosent. Det har òg vore auke i misleghaldet for «prime» (god kredittkvalitet), særleg for lån med flytande rente.
Eit forhold som er særskilt for den amerikanske bustadmarknaden, er moglegheita for bustadeigarar i enkelte statar til å flytte frå heimen sin utan at dei må hefte for restlånet. Utlånar vil då ta over huset og selje det på tvangsauksjon. Viss mange bustadeigarar nyttar seg av denne moglegheita, kan det forsterke bustadprisfallet i USA. Dei amerikanske bankane har også blitt meir restriktive med å gi bustadlån. Det rammar alle grupper lånetakarar, også dei som er definerte som «prime», noko som kan bidra til å forsterke prisfallet ytterlegare. Europeiske bankar har på same vis som dei amerikanske blitt meir restriktive med å gi bustadlån etter den finansielle uroa.
Den europeiske bustadlånmarknaden er samansett, med store skilnader mellom landa. I gjennomsnitt utgjer europeiske bustadlån 60 prosent av den disponible inntekta til hushalda. I Italia er delen berre 21 prosent, medan han i Nederland er på nesten 160 prosent. Opplåningsgraden har vore aukande i dei fleste landa sidan 2000, og det er òg auke i avdragsfritak og løpetid på bustadlåna. Det er spesielt dei yngre hushalda som tek opp bustadlån med høgare opplåningsgrad. Det er òg store forskjellar i delen av fastrentelån. I Nederland har nesten alle bustadlån fastrente, medan fastrentelån i Portugal til dømes er nesten ikkje-eksisterande.
Formuen til europeiske hushald har auka dei siste åra. Isolert sett bidreg det til å auke hushalda si evne til å takle økonomisk sjokk. Men bustad utgjer opptil 75 prosent av formuen til dei europeiske hushalda, og formuesituasjonen er derfor følsam for endringar i bustadprisane.
I fleire land i Europa har prisoppgangen på bustader vore sterk, særleg i mellom anna Storbritannia og Spania. I Storbritannia er det framleis positiv vekst på årsbasis. Ved utgangen av 2007 var veksten 6,9 prosent. Statistikken viser ein fallande prisvekst. Den spanske bustadmarknaden har lenge vore rekna som ein av dei mest overprisa i Europa, og mange har peika på faren for at det er ei bustadprisboble i Spania. Prisveksten har minka etter at han i slutten av 2003 var over 18 prosent. Ved utgangen av 2007 var prisveksten 4,8 prosent.
I dei nordiske landa har det også vore ein betydeleg oppgang i bustadprisane dei siste åra. I både Danmark og Sverige har det over fleire år vore ein sterk prisvekst, men vi har begynt å sjå ein redusert vekst også i desse landa. Spesielt gjeld dette i Danmark, der det har vore prisfall på leilegheiter i ein del område. I Sverige er det òg signal om prisfall i enkelte område, sjølv om det samla sett framleis er sterk prisvekst.
Det er tydeleg at prisveksten i bustadmarknadene i fleire land har flata ut og begynt å falle. Det finst indikasjonar på at prisane i mange tilfelle har vore drivne av forventningar om framtidige prisstigingar. Låge styringsrenter og billig kreditt har auka moglegheitene for låneopptak, og stimulert etterspurnaden etter bustad i heile OECD-området. I fleire land, for eksempel Noreg, Spania og Irland, har kjøp av bustad som investeringsformål bidrege til å presse prisane oppover. Det er likevel forskjellar mellom landa, og eventuelle korreksjonar kan derfor ramme enkelte land sterkare enn andre – der både variasjonar i omfang av fastrente, bruk av avdragsfritak, motiv for etterspurnad og den finansielle stillinga til hushalda kan spele ei rolle.
På grunn av sterk bustadprisvekst og høge bustadinvesteringar har bustadformuen i norske hushald auka kraftig dei siste åra. Samstundes har lån med pant i bustad vakse meir enn bustadformuen, slik at gjeldsgraden samla sett har auka litt det siste året. Tala for gjeld og formue i figur 2.7 tyder på at hushalda si formuesstilling samla sett er god. Gjeld og formue er likevel ulikt fordelt mellom hushalda, og dette gjer at hushalda reagerer ulikt på, og har ulik evne til å takle, endringar i økonomien.
Spareraten til hushalda (sparing i prosent av disponibel inntekt) har gått markert ned dei siste åra og var i 2007 negativ for første gong sidan 1988. Negativ sparerate betyr at folk, i tillegg til fullt ut å finansiere bustadinvesteringar med lån, også dekkjer ein del av forbruket med å auke (netto) gjelda, og at hushalda reduserer dei formuesbufferane dei har mot økonomiske forstyrringar. Saman med auka gjeld kan dette bidra til lågare etterspørsel frå hushalda og svekkje innteninga i føretaka ved eit konjunkturomslag.
2.3.2.2 Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak
Ved utgangen av 2007 var tolvmånadersveksten i utlån til norske føretak frå bankane nær 20 prosent. På same tid utgjorde utlåna til ikkje-finansielle føretak om lag 30 prosent av dei totale utlåna frå bankane.
Talet på konkursar har minka dei siste fire åra, og frå 2006 til 2007 var nedgangen på snautt 6 prosent. Gjeldsbeteningsevna til føretaka (resultat før skatt og av- og nedskrivingar i prosent av renteberande gjeld) heldt fram med å betre seg i 2006. Gjeldsbeteningsevna var svakast innanfor telekommunikasjon, næringseigedom og offshore. Føretaka innanfor desse næringane har ofte lang nedbetalingstid på låna sine. Det gjer at dei kan klare seg med lågare resultat i forhold til gjelda. Framleis sterk gjeldsvekst og auka finansieringskostnader kan ha bidrege til at gjeldsbeteningsevna blei svekt i løpet av 2007. I forhold til omsetning er eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting mest utsette for konkursar, og tal for 2007 viser ein auke i opna konkursar i desse næringane.
Kredittilsynet har sidan 1998 årleg undersøkt bankane si eksponering mot utvalde næringar. Undersøkinga for 2007 omfatta shipping, verftsindustri, offshoreindustri, fiske og fangst, fiskeoppdrettsnæringa, eigedomsdrift og bygg og anlegg. Utvalet består av dei ti største bankane, målt etter forvalta kapital, og analysen er basert på bankane si eiga risikovurdering og klassifiseringar.
I undersøkinga auka totale løyvde utlån med 31 prosent frå 3. kvartal 2006 til 3. kvartal 2007. Trekt volum auka i same periode med 25 prosent. Trekt volum er eit anslag på kor mykje låntakar nyttar av tilgjengelege lånerammer. Undersøkinga for 3. kvartal 2007 viser at det med unnatak for offshore-industri og fiske og fangst har vore ein nedgang i høgrisikodelen for alle næringar. Nedgangen var særleg stor for verftsindustrien og fiskeoppdrett. Eigedomsdrift er den næringa der dei fleste bankane har dei største engasjementa sine. Utlåna bankane har løyvd til næringa, var 306 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2007, ein oppgang frå 216 milliardar i 3. kvartal 2006.
I løpet av hausten 2007 gjennomførte Kredittilsynet òg ei samla risikovurdering av 17 større bankar. I samband med undersøkinga blei bedriftsmarknadsporteføljane til bankane analyserte ved hjelp av konkursprediksjonsmodellen til Noregs Bank, der alle aksjeselskap som har levert rekneskap til Brønnøysundregisteret, inngår. Modellen bereknar ut frå rekneskapsvariablar kor truleg det er at eit selskap går konkurs eitt år fram i tid. Ei vesentleg usikkerheit knytt til undersøkinga er at ikkje heile porteføljane til bankane kan analyserast. I denne undersøkinga blei vel halvparten av bedriftsmarknadsporteføljane til bankane analyserte.
Brutto forventa tap på bankgjeld i alle føretak (som har levert årsrekneskap i 2006), berekna med utgangspunkt i kor truleg det er at eit føretak går konkurs eitt år fram i tid, var 0,72 prosent i 2006. Dei forventa tapa til bankane i forhold til bevilga utlån og garantiar ved utgangen av 3. kvartal 2007 varierte mellom 0,5 og 1,1 prosent (berekna i forhold til årsrekneskapen for 2006). Ti av bankane hadde ein auke i kredittrisikoen i løpet av 2007. Analysen viser også at brutto forventa tap for dei nye føretakskundane til bankane gjennomgåande var høgare enn for totalporteføljane til bankane. Dei nye føretakskundane hadde i 2007 i gjennomsnitt forventa tap på 0,92 prosent, ein nedgang frå 1,09 prosent i 2006. Ifølgje undersøkinga var forventa tap høgast innanfor varehandel, bygg og anlegg, og forretningsmessig tenesteyting.
2.3.3 Likviditetsrisiko
Med likviditetsrisiko meiner ein her risiko for at ein institusjon ikkje kan innfri skyldnadene sine ved forfall utan vesentlege meirkostnader. Likviditetsrisiko oppstår mellom anna som følgje av at institusjonar har ulik forfallsstruktur på eigedelar og skyldnader. I den grad ein banks utlån og andre mindre likvide eigedelar må finansierast med ein høg prosentdel kortsiktige innlån, inneber dette eit stadig behov for omfinansiering.
Eit døme på at dette kan gå gale, er den britiske banken Northern Rock. Banken, som hadde låge innskot i forhold til utlån, klarte ikkje å fornye den kortsiktige finansieringa i pengemarknadene og måtte be den britiske sentralbanken om hjelp. Då dette blei kjent, skunda mange kundar seg å ta ut sparepengane sine. Ordninga for å sikre innskota var ikkje nok til å roe ned innskytarane. Noreg har samanlikna med Storbritannia og andre land ei høgare innskotssikring. Ordninga dekkjer innskot opp til to millionar kroner pr. innskytar i kvar bank som er omfatta av ordninga. Medlemskap i ordninga er påbode for norske bankar. Filialar av utanlandske bankar i Noreg er i utgangspunktet ikkje omfatta av ordninga, men nokre filialar har valt å slutte seg til henne.
Trass i at bankinnskot ofte er likvide innskot for kundane, blir bankinnskot normalt rekna som ei stabil finansieringskjelde for bankane. Den høge innskotsdekninga bidreg til å redusere likviditetsrisikoen for norske bankar. Veksten i innskot frå kundar var 15 prosent i 2007, noko høgare enn veksten i brutto utlån. For bankane samla sett utgjorde innskotsdekninga 64 prosent ved utgangen av 2007, ein svak auke i løpet av året frå 63 prosent ved utgangen av 2006. Innskot frå hushalda og ikkje-finansielle føretak utgjer hovuddelen av totale innskot, og utgjorde ved utgangen av 2007 høvesvis 41 og 28 prosent av samla innskot.
Den langsiktige finansieringa til bankane (mellom anna kundeinnskot, obligasjonslån med meir enn eitt års løpetid og eigenkapital) auka i første halvdel av 2007. I den siste halvdelen av året hadde både dei store og små bankane nedgang i langsiktig finansiering, hovudsakleg på grunn av uroa i marknaden. Likviditetsrisikoen ved kortsiktig finansiering må likevel sjåast i forhold til kor likvide eigedelane er. For dei norskeigde bankane utgjorde langsiktig finansiering 98 prosent av dei illikvide eigedelane ved utgangen av året. Dei utanlandsk eigde bankane i Noreg har betydeleg lågare langsiktig finansiering enn dei norskeigde, og blir hovudsakleg finansierte kortsiktig gjennom konsernet.
Mange bankar har i 2007 overført bustadlån til kredittføretak med rett til å skrive ut obligasjonar. I alt skreiv norske bustadkredittføretak i 2007 ut obligasjonar med fortrinnsrett på om lag 50 milliardar kroner. Slik overføring av utlån reduserer dei langsiktige utlåna til bankane, utan å påverke innskota i banken.
Samla utanlandsfinansiering i bankane var ved utgangen av 2007 nær 512 milliardar kroner. Dette er ein auke på 42 milliardar kroner samanlikna med utanlandsfinansieringa ved utgangen av 2006. DnB NOR og Nordea Bank Norge står for 90 prosent av samla utanlandsfinansiering i bankane. Det er særleg den kortsiktige finansieringa som kan vere ustabil. Det kan òg vere fare for at utanlandske aktørar – i større grad enn norske – kan kome til å reagere kollektivt på informasjon knytt til norsk økonomi eller den norske finansmarknaden.
Kredittilsynet sine undersøkingar andre halvår 2007 viste at likviditetssituasjonen for norske bankar var forholdsvis tilfredsstillande. Smitteverknader frå internasjonale marknader førte til betydeleg auka prisar på finansiering, som så forplanta seg til den norske marknaden. Medan det i utanlandske marknader til tider var vanskeleg å hente inn anna enn heilt kort finansiering, var situasjonen i den norske marknaden gunstigare, og det var også tilgang på finansiering med noko lengre løpetid.
2.3.4 Marknadsrisiko
Marknadsrisiko er risiko knytt til endringar i marknadsprisar på til dømes aksjar, lån og fast eigedom.
Det var oppgang i aksjemarknadene både i Noreg og internasjonalt i 2007, men oppgangen var betydeleg lågare enn i 2006. For 2007 sett under eitt har Oslo Børs og MS Verdensindeksen auka med høvesvis 11,5 og 2,8 prosent. Utviklinga var likevel svært ujamn gjennom året, og prega av til dels kraftige og brå omvurderingar, og uroa i kredittmarknadene førte til ein kraftig nedgang i aksjemarknadene sommaren 2007.
Dei lange norske rentene (ti-årig statsobligasjonsrente) auka i 2007 med 0,3 prosentpoeng til 4,7 prosent. Tilsvarande renter i USA blei reduserte med 0,7 prosentpoeng til 4,1 prosent i same periode, medan dei lange rentene i euroområdet auka med 0,4 prosentpoeng til 4,4 prosent. Noregs Bank auka styringsrenta med 0,25 prosentpoeng sju gonger i 2007 til 5,25 prosent.
Bankane er i avgrensa grad eksponerte for marknadsrisiko. Aksjar utgjer ein svært liten del av dei totale eigedelane til banken, 0,4 prosent ved utgangen av 2007. Obligasjonar utgjorde 6 prosent av dei totale eigedelane for bankane samla, hovudsakleg plasserte i føretaksobligasjonar, medan sertifikat utgjorde under 1 prosent av total forvaltningskapital i bankane. Samla hadde bankane eit netto kurstap på 0,8 milliardar kroner på rentepapir i 2007, knytt til eit generelt fall i prisane. Utviklinga så langt i 2008 tyder på at kurstapa har auka markert.
Av finansinstitusjonane er det særleg forsikringsselskapa som tek marknadsrisiko. Livsforsikringsselskapa er eksponerte for marknadsrisiko gjennom behaldningane sine av verdipapir og eigedomsinvesteringar. Livsforsikringsselskapa si aksjebehaldning som del av forvaltningskapitalen utgjorde 23 prosent ved utgangen av 2007, ein nedgang frå 26,4 prosent ved utgangen av 2006. Reduksjonen kjem av uroa i aksjemarknaden hausten 2007. Sertifikat og obligasjonar som blir haldne som omløpsmidlar, er blitt reduserte frå 2005, og utgjorde 25 prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av 2007. På grunn av rekneskapsreglane er rekneskapsverdien på obligasjonar som skal haldast til forfall, mindre følsame for endringar i marknadsverdien enn mange andre eigedelar. Obligasjonar «haldne til forfall» utgjorde 25 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2007, mot 27,3 prosent ved utgangen av 2006.
Etter at prosentdelen av utanlandske aksjar fall med nær 10 prosentpoeng frå 2005 til 2006, heldt han seg stabil på 55 prosent (av omløpsmidlar) for aksjeportefølje gjennom 2007. Prosentdelen av omløpsobligasjonar og sertifikat haldne i utanlandske papir var nær 40 prosent (av omløpsmidlar) ved utgangen av 2007, og var om lag uendra dei siste fire åra.
Ein auke i marknadsrisiko set store krav til livsforsikringsselskapa både med omsyn til god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital. Bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa er ei støytpute for selskapa sin marknadsrisiko og annan risiko. Samla hadde livsforsikringsselskapa ein bufferkapital på 49,6 milliardar kroner ved utgangen av 2007, ein reduksjon på 3,8 milliardar kroner frå utgangen av 2006. Nivået på bufferkapitalen, målt i forhold til forvaltningskapitalen var 6,7 prosent ved utgangen av 2007, ein nedgang på 1,5 prosentpoeng samanlikna med eitt år tilbake.
Både Kredittilsynet og forsikringsselskapa sjølv nyttar stresstestar for å måle selskapa si evne til å motstå uventa og ugunstige marknadsrørsler. Som følgje av det kraftige aksjefallet dei første vekene i 2008 og den generelt auka usikkerheita i marknadene bad Kredittilsynet livsforsikringsselskapa og eit utval pensjonskasser om å stressteste balansen slik han var 23. januar 2008. Stresstestscenarioet var følgjande: fall i hovudindeksen på Oslo Børs med 20 prosent, og eit fall på 15 prosent i tilsvarande indeksar i den internasjonale marknaden.
Alle livsforsikringsselskapa og pensjonskassene i undersøkinga hadde positiv bufferkapital også etter stresstesten. Det var likevel store forskjellar mellom selskapa.
Dei private pensjonskassene reduserte aksjebehaldninga med 2 prosentpoeng i 2007 samanlikna med utgangen av 2006. Som for livsforsikringsselskapa har utviklinga i aksjemarknadene ført til nedgang i bufferkapitalen til pensjonskassene. Bufferkapitalen utgjorde 13 prosent av forvaltningskapitalen for pensjonskassene samla ved utgangen av 2007, ein nedgang på 4 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2006.
For skadeforsikringsselskapa utgjorde samla behaldning av obligasjonar og sertifikat klassifiserte som omløpsmidlar 28 prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av 2007, ein nedgang på 4 prosentpoeng siste år. Aksjebehaldninga har falle med fem prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2006, til 13 prosent. Skadeforsikringsselskapa har generelt ei moderat eksponering mot marknadsrisiko og relativt stor evne til å motstå fall i verdipapirmarknadene.
2.3.5 Operasjonell risiko
Operasjonell risiko er risiko for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar eller system, menneskelege feil eller eksterne hendingar. Operasjonell risiko omfattar juridisk risiko.
Kredittilsynet har i 2007 ikkje registrert vesentlege tap knytte til operasjonell risiko i bank- og forsikringssektoren. Datagrunnlag for å anslå omfanget av operasjonelle tap er likevel meir avgrensa enn for annan risiko. Ei vesentleg svakheit ved datagrunnlaget er at slike tap som regel ikkje blir skilde ut frå kredittap og registrerte som operasjonelle tap. Basert på internasjonale erfaringar er det grunn til å rekne med at ein vesentleg del av kredittapa også i norske bankar kan relaterast til operasjonell svikt.
Frå 1. januar 2008 skal bankar og verdipapirføretak berekne sitt minstekrav til kapital også for operasjonell risiko, der dei kan velje mellom å bruke basis-, sjablong-, eller AMA-metoden (Advanced Measurement Approach). Dei aller fleste institusjonane har valt basismetoden, som er den enklaste, medan ni bankar har valt sjablongmetoden. Dei største bankane, som har ambisjon om å bruke interne modellar for å berekne kapitalkravet, deltek i eit FoU-prosjekt saman med Universitetet i Stavanger, der målsetjinga er å utarbeide rammeverk og modellar som tilfredsstiller krava til avanserte berekningsmåtar i AMA. Ein må rekne med at det framleis kjem til å gå nokre år før norske bankar tek i bruk AMA-metoden. Etter planen skal det i 2012 innførast liknande kapitalkravsreglar for forsikringsselskapa (Solvens II).
For verdipapirføretaka er operasjonell risiko viktig. I 2007 behandla Kredittilsynet fleire saker som gjaldt verdipapirføretaks handtering av operasjonell risiko, mellom anna to saker som enda med konsesjonsinndraging. I det eine tilfellet konkluderte Kredittilsynets i ei førebels vurdering med at Terra Securities AS hadde utført alvorlege og systematiske brot på god forretningsskikk i samband med sal av investeringstenester til kommunar. Føretaket kravde oppbod 28. november 2007, og konsesjonen blei tilbakekalla same dag. I det andre tilfellet blei det ved stadleg tilsyn i Handelspartner Securities ASA avdekt at leiinga i føretaket mangla kompetanse på verdipapirhandelsregelverket og konstatert omfattande brot på verdipapirhandellova. Kredittilsynet tilbakekalla føretaket sitt løyve til å yte investeringstenester, og verksemda blei nedlagd med verknad frå 5. desember 2007.
Finansinstitusjonane sin bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er eit viktig område under operasjonell risiko. Institusjonane sitt ansvar for styring og kontroll av operasjonell risiko krev at ein legg vekt på IKT-verksemda både i kvar enkelt institusjon og i dei føretaka som leverer infrastruktur for IKT. Grundige risikoanalysar er viktige for å kartleggje kvar dei sårbare punkta er, og definere tiltak. Meir integrerte tenester gir auka sårbarheit og behov for sikring i alle ledd. Driftsavbrot og manglande tilgjenge til nettbank er stadig eit problem. Utilstrekkelege rutinar for endringskontroll er ei årsak til tilbakevendande problem på dette området.
Det ser ut til at økonomisk kriminalitet som er retta mot finanssektoren, har auka. Det endrar risikobiletet og gjer det viktig å identifisere sårbare område. Det kriminelle miljøet blir profesjonalisert, og det synest no å eksistere velorganiserte marknader for programvare og informasjon som kan nyttast i bedragersk hensikt. Identitetstjuveri der dei digitale identitetskjenneteikna til offeret kjem på avvegar og blir misbrukte, er ein alvorleg trussel. I 2007 opplevde Noreg også eit alvorleg forsøk på å overbelaste ei teneste for å setje henne ut av spel. Slike angrep blir rekna for å vere ein alvorleg trussel, og særleg når angrepa rettar seg mot samfunnsviktige tenester som går i opne nett.
2.3.6 Avsluttande merknader
Utviklinga i dei internasjonale finansmarknadene blei gjennom 2007 i aukande grad prega av negative nyheiter om utviklinga i amerikansk økonomi. I første fase var utviklinga prega av omvurdering av verdsetjinga av amerikanske bustadlån av låg kvalitet, men det har òg vore betydelege omvurderingar av annan kreditt, og etter kvart også av eigenkapital. Situasjonen var ved årsskiftet i stor grad prega av uvisse om behovet for store omvurderingar var over.
Krisa i USA har spreidd seg gjennom internasjonale kreditt- og pengemarknader. Nedsiderisikoen for den økonomiske utviklinga særleg i USA, men også i Europa og i andre regionar, har auka vesentleg. Denne risikoauken har som venta blitt fanga opp i verdsetjinga av ulike verdipapir. Elles har enkelte utslag vore uventa for aktørar og styresmakter. Det er fleire døme på at risikoen har vore strukturert slik at heller ikkje sluttinvestor har vore fullt klar over kva for risiko, og kor mykje risiko, investeringa inneber.
Resultata for 2007 viser at finansuroa internasjonalt på dette tidspunktet hadde små direkte økonomiske verknader på norske bankar. Norske bankar har etter det ein er kjent med ikkje hatt direkte eksponeringar mot subprime-bustadlån eller strukturerte kredittprodukt som inneheld subprime-bustadlån. Bankane har i 2007 hatt kurstap på om lag 1,5 milliardar kroner på delar av obligasjonsbehaldninga som følgje av den generelle auken i kredittpåslag på føretaksobligasjonar. At tapa ikkje har vore større, har samanheng med at marknadsrisiko og kredittrisiko på verdipapir er avgrensa som følgje av relativt låge verdipapirbehaldningar i norske bankar. Nokre bankar har i 2008 indirekte blitt ramma grunna eigarskap i eitt kredittføretak, jf. omtale i kapittel 2.5.3.Trass i relativt låge behaldingar av verdipapir er risikoen for tap ikkje over med dei kurstapa som skjedde i 2007.
Uroa har ført til auka interbankrenter, og har også generelt auka kostnadene ved å hente inn kapital. Auka fundingkostnader har likevel berre i avgrensa grad påverka netto renteinntekter til bankane i 2007. Fundingsituasjonen til bankane var relativt tilfredsstillande i 2007, mellom anna som følgje av det høge nivået på innskotsdekning og anna langsiktig finansiering, og det var i 2007 ingen klare teikn til at finansuroa har gitt seg utslag i svekt utlånsvekst frå bankane i Noreg.
Den kraftige utlånsveksten til føretak og til hushalda stiller store krav til risikostyring i bankane, særleg under dei meir usikre økonomiske utsiktene. Gjeldsbelastninga til hushalda heldt i 2007 fram med å auke frå eit nivå som alt var høgt. Kredittilsynet si undersøking av bustadlån frå hausten 2007 viser at det blir gitt ein god del lån utover verdigrunnlaget, at prosentdelen av fastrentelån er liten, og at omfanget av rammekredittar voks kraftig, trass i kraftig oppbremsing i bustadprisveksten og fall i bustadprisane siste halvår av 2007.
Sidan sommaren 2005 har Noregs Bank gradvis sett opp renta frå eit svært lågt nivå. Departementet understrekar at det er viktig at både bankar og låntakarar tek omsyn til usikkerheit omkring den framtidige utviklinga i bustadprisar og renter, og at ein bør rekne med at den økonomiske situasjonen til låntakarane kan endra seg. Høg lønnsemd og god soliditet i dei norske bankane indikerer at bankane samla sett kan stå imot moderate tilbakeslag i økonomi og marknader.
Likviditetssituasjonen i norske bankar er blitt meir krevjande sidan finansuroa braut ut sommaren 2007. Gjennom forskrift om krav til måling og styring av likviditetsrisiko i finansinstitusjonar er finansinstitusjonane pålagde å vurdere sin likviditetsrisiko i kapitalvurderingsprosessane, og sørgje for at soliditeten også er tilstrekkeleg til å sikre tilgang til penge- og kapitalmarknadene under vanskelege marknadsforhold.
Forsikringsselskapa har ikkje rapportert om avgjerande direkte eksponering mot subprime-lån og strukturerte produkt som inneheld slike lån. Tapa på obligasjonsbehaldninga som følgje av generelt auka kredittpåslag på obligasjonar som er utskrivne av private føretak, utgjorde om lag 2 milliardar kroner i livsforsikringsselskapa i 2007. Forsikringsselskap og pensjonskasser har fått ei betydeleg belastning som følgje av den sterke nedgangen i aksjemarknaden etter årsskiftet, men god bufferkapital før årsskiftet har gjort det mogleg å meistre situasjonen så langt, utan store skadeverknader.
Bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa blei redusert i 2007, og ytterlegare som følgje av fallet i aksjemarknadane i byrjinga av 2008. Det er stor usikkerheit knytt til vidare utvikling i aksjemarknadene, og eit internasjonalt konjunkturtilbakeslag kan gi eit ytterlegare fall. Trass i redusert aksjedel kan marknadsrisikoen til selskapa ha auka, og situasjonen fordrar god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital. Det er særs viktig at selskapa passer på at det med god sikkerheitsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Selskapa gjorde betydelege avsetningar i 2007 for å møte større framtidige forpliktingar som følgje av auka levealder.
Styresmaktene har følgt opp verknadene av finansuroa på norske institusjonar og finansmarknader på fleire måtar, gjennom tilsyn med enkeltinstitusjonar, makroøkonomisk overvaking og gjennom internasjonalt arbeid. Kredittilsynet har pålagt bankar og forsikringsselskap ekstraordinære rapporteringar av eksponeringar, det har vore ei tettare overvaking av finansieringssituasjonen i kredittinstitusjonane, i første rekkje dei større bankane, og det har vore innrapportert stresstestar i forsikringsselskap og pensjonskasser.
Den auka kompleksiteten i finansmarknadene aukar utfordringane med å førebyggje finansielle stabilitetsproblem. Dette gjeld både i den generelle regelverksutviklinga, i overvakingsverksemda og i tilsynet med enkeltinstitusjonar. Internasjonalisering og dei meir samansette overføringsmekanismane mellom finansiell sektor, eigedomsmarknader og realøkonomi representerer utfordringar i den generelle overvakinga av finansiell stabilitet. Avanserte modellar for risikostyring og kapitalplanlegging, komplekse finansielle produkt og teknikkar for overføring av risiko gjer det meir krevjande å vurdere kvaliteten på den interne risikokontrollen i institusjonane og om soliditeten er tilpassa den faktiske risikoen.
Dei nye kapitaldekningsreglane for bankar (Basel II) som blei innførte frå og med 2007, stiller nye krav både til aktørane og tilsynet. Det er blitt større krav til risikostyring og kontroll i banksektoren, samtidig som tilsynet med bankane blir lagt om til eit system der Kredittilsynet skal vurdere og godkjenne risikostyringa i kvar einskild bank, og gripe inn med pålegg om tiltak når det er nødvendig. Kredittilsynet har fått auka ressursar dei siste åra for å vere betre i stand til å drive tilsyn etter og kontroll på denne måten.
Sterkare integrasjon mellom nasjonale økonomiar og finansmarknader, særleg som følgje av at det betyr meir for store grensekryssande finanskonsern og store institusjonelle investorar, skaper særlege behov for samarbeid mellom tilsynsmyndigheitene i dei landa det vedkjem.
Utviklinga internasjonalt i 2007 viste at verken bankar eller styresmakter fullt ut hadde teke høgd for enkelte av dei mekanismane som skapte likviditetsproblem i internasjonale marknader. I ei rekkje internasjonale organ, mellom anna Financial Stability Forum, IMF, Basel-komiteen og EU-kommisjonen, føregår ei nærare vurdering av årsaker til smitteverknadene og av forbetringsmoglegheiter i regulering og tilsyn. Slike endringar i regelverk og internasjonale standardar for tilsyn kan også føre til endringar i reguleringar og tilsyn i Noreg (sjå Boks 2.3).
Utviklinga inneber at tilgangen på likviditet er blitt vanskelegare for norske bankar. Norske bankar har likevel relativt låg eksponering mot dei utlån og verdipapirmarknadene som særleg er svekte i seinare tid, og som gruppe betraktet har dei god risikoberande evne etter fleire år med høg inntening. Tap kan likevel ramme enkelte finansinstitusjonar i større grad enn det generelle bildet i Norge tilsier. Jamvel om det er trekk ved den økonomiske utviklinga som kan gi auka risiko, også for norske bankar, blir utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg rekna som tilfredsstillande.
Boks 2.3 Internasjonalt arbeid med endring i regelverk og tilsyn
Det er særleg merksemd internasjonalt på likviditetsstyringa i institusjonane og styresmaktene si overvaking av likviditetsrisiko, etter at det dei siste åra har vore mykje merksemd om kredittrisiko i samband med innføringa av Basel II. Det internasjonale arbeidet kan resultere i oppdaterte prinsipp og retningslinjer for god likviditetsstyring i bankar, som igjen dannar grunnlag for vidareutvikling av styresmaktene sitt tilsyn og overvaking av likviditetsrisiko. Dei gjeldande internasjonale retningslinjene for god likviditetsstyring blei utarbeidde og publiserte av Basel-komiteen for banktilsyn i 2000, som høyrer inn under Den internasjonale oppgjersbanken (BIS).
Nye lovkrav til likviditet for finansinstitusjonar tredde i kraft 1. juli 2006, og går fram av finansieringsverksemdslova § 2-17. Lovkrava er kvalitative, og seier mellom anna at ein finansinstitusjon skal sørgje for forsvarleg likviditetstyring etter retningslinjer som fastsett av styret. Reglar som utdjupar kva som er «forsvarleg likviditetsstyring», er fastsette i forskrift om forsvarleg likviditetsstyring som tredde i kraft 1. juli 2007, og byggjer på dei nemnde anbefalingane for god likviditetsstyring frå den internasjonale oppgjersbanken (BIS).
Bruk av kvantitative stresstestar og meir kvalitative scenarieteknikkar er ein sentral del av bankane si styring av likviditetsrisiko, og også på dette området blei det avdekt svakheiter. Både når det gjeld bankane sine stresstestar og beredskapsplanar føregår det internasjonalt ei vurdering av gjeldande praksis og moglege forbetringar som følgje av erfaringane frå finansuroa. Éin klar lærdom er at stresstestar og beredskapsplanar både må ta høgd for institusjonsspesifikke likviditetsproblem og problem som kjem av forhold i marknaden. For likviditetsstyring og stresstestar er det stor variasjon mellom institusjonane, og det kan derfor vere vanskeleg for styresmaktene å bruke kvantitative krav eller reguleringar overfor institusjonane. I Noreg er det krav til bruk av stresstestar i institusjonane sine analysar av eigen likviditetssituasjon (jf. forskrift om forsvarleg likviditetsstyring av 29. juni 2007). Stresstestane skal tilpassast omfanget av verksemda, kompleksitet og risiko, og skal brukast når styret vurderer likviditetsstrategi og vedtekne rammer for likviditetsrisikoen.
Den store usikkerheita om verdiar på komplekse produkt og kva for institusjonar som hadde tap på slike eksponeringar, har ført til behov for endringar i krav til verdivurderingar, til rekneskap og til marknadsinformasjon frå finansinstitusjonane. Dette gjeld særleg for strukturerte og andre komplekse finansielle produkt. Basel II stiller krav til offentleggjering av finansiell informasjon (pilar 3). Dei nye rekneskapsreglane (IFRS) stiller også auka krav til offentleggjering av informasjon.
Ratingselskapa har ei sentral rolle når det gjeld vurderingar av risikoprofilar og eigenskapar ved strukturerte produkt, og risikovekting basert på rating er godkjend innanfor Basel II. Problema i subprime-marknaden i USA førte til at ratingselskapa nedgraderte nye strukturerte produkt med sikkerheit i desse bustadlåna. På denne bakgrunnen blei det reist spørsmål ved metodologien til selskapa, mellom anna at ratingane er mindre robuste for kortsiktige endringar i marknads- og likviditetsforhold. Det er mellom anna eit problem at korte dataseriar ikkje gir tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere risiko ved strukturerte produkt. Sentralt er det også at investorar ikkje tilstrekkeleg nok har vore klar over at byråa si gradering berre speglar kredittrisiko. Dei har stolt for mykje på byråa si gradering, noko som kan ha ført til at dei har undervurdert marknads- og likviditetsrisikoen. Det har vidare blitt reist spørsmål ved rollekonfliktar og om ratingselskapane er uavhengige nok i forhold til dei selskapa som blir gitt rating. Dette er knytt til at høg gradering gir auka sal av ratingar, og bidreg til ein marknad for slike produkt. Utan ein slik marknad kan fleire av ratingbyråa miste si inntening. I fleire internasjonale forum, og innanfor det føderale amerikanske verdipapirtilsynet (SEC), føregår ei vurdering av ratingselskapa si rolle og metodane deira. Det er forventa at resultata frå det internasjonale arbeidet på dei områda som er nemnde, blir offentleggjorde i løpet av 2008.
2.4 Strukturen i den norske finansmarknaden
Samla forvalta kapital i den norske finansmarknaden var 5 267 milliardar kroner ved utgangen av 2007. Samla forvalta kapital har auka med 18 prosent samanlikna med utgangen av 2006.
Det er fem større finansgrupperingar i den norske finansmarknaden. DnB NOR er det største finanskonsernet. Andre store grupperingar er Storebrand, Sparebank 1 Gruppen med 23 bankar og Terra Gruppa med 79 bankar. Det svenske finanskonsernet Nordea er representert i Noreg via Nordea Bank Norge med dotterselskap og Nordea Liv. Samla utgjer finansgruppene ein stor del av finansmarknaden, og ved utgangen av 2007 var samla del av marknaden 59 prosent, jf. tabell 2.1.
Tabell 2.1 Strukturen i den norske kredittmarknaden pr. 31.12.2007
Prosent av forvaltningskapital | Bank | Finansieringsselskap | Kredittføretak | Verdipapirfond | Skadeforsikring | Livsforsikring | Sum konsern |
---|---|---|---|---|---|---|---|
DnB NOR | 37 | 25 | 15 | 25 | 0 | 31 | 31 |
Nordea | 14 | 8 | 4 | 7 | 0 | 6 | 10 |
Sparebank 1/Samarb. spb | 12 | 6 | 3 | 9 | 6 | 3 | 9 |
Storebrand | 1 | 0 | 0 | 10 | 1 | 26 | 5 |
Terra-gruppen | 5 | 1 | 2 | 1 | 1 | 0 | 3 |
Sum finanskonsern | 69 | 40 | 23 | 52 | 8 | 66 | 59 |
Andre selskap | 31 | 65 | 77 | 48 | 92 | 34 | 41 |
Total marknad | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 | 100 |
Kjelde: Kredittilsynet
Dei utanlandske finansinstitusjonane utgjer ein betydeleg del av den norske finansmarknaden, både gjennom etablering av filialar og utanlandskeigde dotterselskap. Spesielt blant finansieringsselskapa har dei utanlandske filialane ein stor del av forvalta kapital. I skadeforsikringsmarknaden har det svenske skadeforsikringsselskapet If og det danske selskapet Tryg Vesta 28 prosent av total forvalta kapital. I bankmarknaden har dei utanlandske bankane hatt høg kredittvekst og auka marknadsdelen dei seinare år.
Tabell 2.2 Kapital forvalta av utanlandskeigde dotterselskap og filialar i prosent av total forvalta kapital i den norske finansmarknaden.
Prosent | Bank | Finansieringsselskap | Kredittføretak | Skadeforsikring | Livsforsikring |
---|---|---|---|---|---|
Utanlandskeigde dotterselskap | 17 | 46 | 8 | 2 | 6 |
Utanlandskeigde filialar | 17 | 20 | 1 | 32 | 1 |
Sum utanlandskeigde | 34 | 66 | 9 | 34 | 7 |
Norskeigde institusjonar | 66 | 34 | 91 | 66 | 93 |
Kjelde: Kredittilsynet
2.4.1 Enkeltbransjar
Bankar
Ved utgangen av 2007 var det 149 bankar i den norske bankmarknaden. Av dette var 123 sparebankar, 11 norskeigde forretningsbankar, 5 utanlandskeigde dotterbankar og 10 filialar av utanlandske bankar. Samla forvaltningskapital i den norske bankmarknaden (inkludert utanlandske filialar og utanlandskeigde dotterbankar i Noreg) var 3 163 milliardar kroner ved utgangen av 2007.
DnB NOR Bank er den største banken i den norske bankmarknaden med marknadsdel på 37 prosent, målt med forvalta kapital. Den nest største banken, Nordea Bank Norge, hadde ein marknadsdel på 14 prosent av forvalta kapital. Sterk vekst i utlån i filialar av utanlandske bankar har auka marknadsdelen til desse bankane. Filialane hadde ein vekst i brutto utlån til kundar på 27 prosent siste år, og utlån til næringslivskundar auka med heile 40 prosent.
Livsforsikring
Ved utgangen av 2007 var det ni norskeigde livsforsikringsselskap og eitt utanlandsk eigd dotterselskap med verksemd i Noreg, i tillegg til ni utanlandske filialar. Samla forvalta kapital i livsforsikringsselskapa var 745 milliardar kroner. Dei tre største selskapa (Vital Forsikring, KLP og Storebrand Livsforsikring) hadde ein marknadsdel på 83 prosent målt i forvalta kapital ved utgangen av 2007.
Skadeforsikring
Det er over 50 selskap som tilbyr skadeforsikring i den norske marknaden. Hovuddelen av dei små skadeforsikringsselskap er sjøforsikringsselskap og Captives. Samla forvalta kapital i skadeforsikringsmarknaden var 162 milliardar kroner ved utgangen av 2007. Av dei fire største selskapa er to filialar av utanlandske selskap, If og Tryg Vesta, som har ein marknadsdel på 28 prosent av skadeforsikringsmarknaden målt i forhold til forvalta kapital. Dei to største norske selskapa, Gjensidige Forsikring og Sparebank 1 Skadeforsikring, hadde samla ein marknadsdel på 37 prosent. Av andre selskap er Captives den største gruppa med om lag 14 prosent av forvalta kapital.
Kredittføretak
Det er totalt 11 kredittføretak i den norske marknaden. Sju selskap tilbyr i hovudsak bustad- og næringslån. Det er berre etablert ein filial av eit utanlandsk selskap. To kredittføretak er utanlandskeigde dotterselskap. Fleire bankar har etablert bustadkredittføretak, og det har i 2007 vore betydelege overføringar av bustadlån frå bank til kredittføretak. Samla forvalta kapital i kredittføretaka var 622 milliardar kroner ved utgangen av 2007.
Finansieringsselskap
Ved utgangen av 2007 var det 14 norskeigde finansieringsselskap, 15 utanlandskeigde dotterselskap og 21 utanlandske filialar i den norske finansmarknaden. Samla forvalta kapital for finansieringsselskapa var 144 milliardar kroner ved utgangen av 2007. Dei to største selskapa, eitt norsk og eitt utanlandskeigd dotterselskap, har ein marknadsdel på om lag 40 prosent.
2.5 Utviklinga i den norske finansmarknaden
Resultata til dei norske bankane var gode også i 2007. Bankane hadde samla sett ikkje utlånstap, og positiv kostnadsutvikling i forhold til forvalta kapital. Rentemarginen fall framleis i 2007, noko som gav ytterlegare reduksjon i netto renteinntekter i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Bankane hadde framleis høg utlånsvekst til hushald, samstundes som veksten i utlån til føretak heldt seg oppe.
Livsforsikringsselskapa hadde betring i bokført resultat, i hovudsak som følgje av oppskriving av eigedom. Nedgang i kursreguleringsfondet førte til lågare verdijustert resultat. Verdijustert resultat tek omsyn til urealiserte verdiendringar på eigedelane til selskapa. Bufferkapitalen gir uttrykk for selskapa si evne til å bere risiko, og er samansett av kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetningar på opp til eitt års rentegaranti og kursreguleringsfond. Bufferkapitalen og del av aksjar fall i høve til balansen. Låg premievekst og auke i skadekostnader førte til lågare resultat av den forsikringstekniske verksemda i 2007. Saman med nedgang i finansinntekter bidrog dette til lågare resultat av ordinær verksemd (resultat før ekstraordinære inntekter/kostnader og skatt).
2.5.1 Bankane
Bankane (139 norskeigde bankar) oppnådde eit resultat før skatt på 28,5 milliardar kroner i 2007, ein auke på 1,2 milliardar kroner samanlikna med 2006. Avkastninga på eigenkapitalen etter skatt var 16 prosent. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital utgjorde resultatet 1,15 prosent, mot 1,29 prosent i 2006. Press på utlånsmargin bidrog til at netto renteinntekter fall i høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) frå 1,59 prosent til 1,53 prosent. I dei to siste kvartala i 2007 var det likevel auke i netto renteinntekter (totale renteinntekt minus totale rentekostnader) i høve til forvalta kapital.
Uroa i finansmarknadene har hatt liten effekt på resultata i norske bankar. Desse har i liten grad vore direkte eksponerte mot amerikanske subprime-bustadlån. Samla hadde bankane eit netto kurstap på 0,9 milliardar kroner på obligasjonar knytte til eit generelt fall i prisene. Framleis låge utlånstap, berre 33 millionar kroner i 2007, prega resultata.
I omtalen blir det skilt mellom ulike bankgrupper, den største banken DnB NOR Bank (inkludert Nordlandsbanken som heileigd dotterselskap), andre bankar med forvalta kapital over 10 milliardar kroner (omfattar 22 bankar), og bankar med forvalta kapital under 10 milliardar kroner (omfattar 116 bankar). Dei største bankane (som utgjer om lag 90 prosent av forvalta kapital i bankmarknaden) førte rekneskap etter internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS) i 2007.
Resultat før skatt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital blei svekt for alle grupper bankar. DnB NOR Bank (inkl. Nordlandsbanken) hadde ei avkastning på eigenkapitalen på 22,9 prosent, mot 23,3 prosent i 2006. Avkastninga på eigenkapitalen var 13,5 prosent i dei nest største bankane, og 8 prosent i dei minste.
Tabell 2.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital
DnB NOR Bank (inkl. NB) | Andre bankar med FK over 10 milliardar kroner | Bankar med FK under 10 milliardar kroner | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
2007 | 2006 | 2007 | 2006 | 2007 | 2006 | |
Netto renteinntekter | 1,34 | 1,41 | 1,59 | 1,63 | 2,18 | 2,24 |
Andre inntekter | 0,85 | 1,11 | 0,57 | 0,67 | 0,56 | 0,70 |
– av dette netto verdiendringar fin.eigedelar vurdert til verkeleg verdi/netto kursgevinstar | 0,25 | 0,38 | 0,05 | 0,17 | 0,01 | 0,10 |
Andre kostnader | 1,00 | 1,12 | 1,18 | 1,27 | 1,69 | 1,72 |
– av dette lønn og adm. kostnader | 0,57 | 0,60 | 0,62 | 0,67 | 1,31 | 1,34 |
Driftsresultat før tap | 1,18 | 1,40 | 0,98 | 1,03 | 1,05 | 1,23 |
Bokførte tap på utlån | 0,00 | -0,04 | -0,01 | -0,12 | 0,04 | 0,04 |
Verdifall på ikkje-finansielle eigedelar | -0,14 | 0,00 | 0,00 | 0,00 | ||
Gevinst/tap på verdipapir lang sikt/nedskrivingar | 0,00 | 0,01 | ||||
Resultat av ordinær drift før skatt | 1,32 | 1,44 | 0,99 | 1,16 | 1,01 | 1,20 |
Kjelde: Kredittilsynet
Den sterke veksten i utlån frå bankane heldt fram i 2007, og utlån til kundar auka med 10 prosent. Overføringane av godt sikra utlån frå bankar til bustadkredittføretak påverka i hovudsak bankane sin utlånsvekst til personkundar. Veksten i utlån med pant i bustad til personkundar frå bankar var 5 prosent, medan veksten frå bankar og kredittføretak samla var 12 prosent.
Den sterke utlåninga til føretak heldt fram, og vekst i utlån til norske næringslivskundar var heile 20 prosent. Veksten i innskot til kundar var 15 prosent i 2007, noko høgare enn veksten i utlån. Innskot i forhold til utlån var 64 prosent ved utgangen av 2007, ein svak auke samanlikna med eitt år tilbake. Den samla langsiktige finansieringa til bankane (innskot frå kundar, obligasjonsgjeld med meir ein eitt års løpetid og eigedelar) blei noko redusert i siste halvdel av 2007 grunna uroa i marknaden. Sjølv om norske bankar fekk noko høgare kostnader på pengemarknadsfinansieringa, har høg innskotsdekning av utlån redusert effekten på resultata.
Tabell 2.4 Balansepostar
31.12.2007 | DnB NOR (inkl. NB) | Andre bankar med forvalta kapital over 10 milliardar kroner | Bankar med forvalta kapital under 10 milliardar kroner | |||
---|---|---|---|---|---|---|
Milliardar kr | Vekst i prosent | Milliardar kr | Vekst i prosent | Milliardar kr | Vekst i prosent | |
Forvalta kapital | 1 192 | 9,2 | 1 167 | 17,4 | 281 | 17,8 |
Brutto utlån til kundar* | 790 | 5,8 | 947 | 12,7 | 245 | 16,7 |
Innskot til kundar | 523 | 11,6 | 571 | 17,3 | 179 | 15,1 |
* Veksten er høgare om bustadkredittføretak blir inkluderte.
Kjelde: Kredittilsynet
Nye reglar for kapitaldekning (Basel II) blei gjorde gjeldande frå 1. januar 2007. Seks store bankar nyttar interne modellar (IRB) for berekning av kapitalbehov. I perioden 2007–2009 skal IRB-bankane ha ansvarleg kapital som minst svarar til høvesvis 95, 90 og 80 prosent av minstekravet for kapital etter Basel I. Samanlikna med kjernekapital berekna etter Basel I-regelverket er det ein auke i kjernekapital for IRB-bankane. For bankar som framleis berekna kjernekapital etter Basel I-regelverket i 2007, bidrog den sterke veksten i utlån til næringsverksemd til å svekkje kjernekapitaldekninga. Samla hadde desse bankane ei førebels kjernekapitaldekning på 12,1 prosent, mot 13,0 prosent ved utgangen av 2006.
2.5.2 Forsikringsselskap og pensjonskasser
Dei bokførte resultata til livsforsikringsselskapa auka noko i 2007, medan verdijustert resultat, som tek omsyn til urealiserte endringar i verdiar på eigedelane til selskapa, fall.
Selskapa hadde lite eksponering mot amerikanske bustadlån eller verdipapir med sikkerheit i slike, men hadde noko kurstap på obligasjonar som følgje av den generelle auken i kredittrisikopåslag på føretaksobligasjonar.
Som følgje av verdiregulering av eigedom auka bygningar og fast eigedom frå 10,5 til 12,1 prosent av forvaltningskapitalen frå 2006 til 2007 for livsforsikringsselskapa samla. Vital, Storebrand og KLP har til saman skrive opp verdien med 12 milliardar kroner i 2007. Selskapa si evne til å møte framtidige forpliktingar blei styrkt gjennom avsetningar for å møte framtidige pensjonar som følgje av auka levealder («langt liv»).
Bokført resultat var 23,4 milliardar kroner i 2007, mot 20,0 milliardar kroner i 2006. I prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital var det ein auke i resultat frå 3,1 prosent i 2006 til 3,3 prosent i 2007. Det verdijusterte resultatet for 2007 var på 16,2 milliardar kroner. I 2006 var verdijustert resultat 26,8 milliardar kroner. Den verdijusterte kapitalavkastninga, som tek omsyn til verdiendringar på finansielle omløpsmiddel, var 7,7 prosent i 2007, om lag uendra frå 2006.
Samanlikna med 2006 fall delen av aksjar i balansen med 4,4 prosentpoeng til 23 prosent ved utgangen av 2007. Som følgje av fall i aksjemarknaden hittil i 2008 har fleire livsforsikringsselskap redusert delen av aksjar ytterlegare. Behaldninga av sertifikat og obligasjonar som blir haldne som omløpsmidlar, utgjorde 24 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2007, medan behaldninga av obligasjonar «haldne til forfall» utgjorde 25 prosent.
Bufferkapitalen gir uttrykk for selskapa si evne til å bere risiko, og er samansett av kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetnader på opp til eitt års rentegaranti og kursreguleringsfond. Samla hadde livsforsikringsselskapa ein bufferkapital på 49,6 milliardar kroner ved utgangen av 2007, ein reduksjon på 3,8 milliardar kroner samanlikna med utgangen av 2006. Nivået på bufferkapitalen, målt i forhold til forvalta kapital, var 6,7 prosent. Nedgangen i aksjemarknaden hittil i 2008 har ført til ytterlegare reduksjon i selskapa sin bufferkapital. Medan bufferkapitalen som støytpute for selskapa sin marknadsrisiko er blitt redusert, er selskapa si evne til å møte framtidige forpliktingar knytte til lengre levealder blitt styrkt. Ved utgangen av 2007 hadde livselskapa i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 14,1 prosent, og alle selskapa tilfredstilte kapitaldekningskravet på 8 prosent.
Tabell 2.5 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital
2007 | 2006 | |||
---|---|---|---|---|
Milliardar kroner | I % av GFK | Milliardar kronar | I % av GFK | |
Premieinntekter | 78,3 | 11,1 | 71,3 | 11,1 |
Inntekter frå finansielle eignedelar | 51,8 | 7,3 | 47,3 | 7,4 |
Erstatningar | 68,9 | 9,8 | 46,3 | 7,2 |
Endringar i forsikringsavsetningar | 42,7 | 6,1 | 48,8 | 7,6 |
Forsikringsrelaterte kostnader og adm.kostnader | 8,2 | 1,2 | 6,9 | 1,1 |
Resultat før fordeling og skatt | 23,4 | 3,3 | 20,0 | 3,1 |
Endring i kursreguleringsfond | -7,2 | -1,0 | 6,8 | 1,1 |
Verdijustert resultat før fordeling og skatt | 16,2 | 2,3 | 26,8 | 4,2 |
Kjelde: Kredittilsynet
Dei største pensjonskassene (utgjorde 80 prosent av den samla forvalta kapitalen til pensjonskassene) har dei to siste åra hatt nedgang i verdijustert kapitalavkastning. Fleire av dei store pensjonskassene har ein høg prosentdel av aksjar i balansen, høgare enn livsforsikringsselskapa. Samla verdijustert kapitalavkastning var 5,8 prosent i 2007 mot 10,8 prosent i 2006. Til samanlikning hadde livsforsikringsselskapa verdijustert kapitalavkastning på 7,7 prosent. Private pensjonskasser hadde høgare verdijustert kapitalavkastning enn kommunale pensjonskasser, 6,2 prosent mot 4,8 prosent.
Dei private pensjonskassene reduserte prosentdelen av aksjar i høve til forvalta kapital med to prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2006, og hadde ved utgangen av året ein aksjedel på 35 prosent. Aksjedelen i dei kommunale pensjonskassene var tilnærma uendra på 26 prosent. Prosentdelen av utanlandske aksjar fall betydeleg i private pensjonskasser, frå 54 prosent til 39 prosent, medan han heldt seg tilnærma uendra i dei kommunale pensjonskassene på 60 prosent. Som følgje av nedgang i kursreguleringsfondet fall bufferkapitalen til pensjonskassene samanlikna med utgangen av 2006, og utgjorde 13 prosent av samla forvalta kapital ved utgangen av året. Premiefond (midlar som er innbetalte til forvaltningsinstitusjon, og som skal brukast til å dekkje framtidige premiar) utgjorde 8 prosent av forvalta kapital på same tidspunkt.
Samla hadde dei norske skadeforsikringsselskapa eit resultat av ordinær verksemd på 3,2 milliardar kroner i 2007, som svarar til 15 prosent av premieinntekter for eiga rekning. I 2006 hadde dei same selskapa eit resultat av ordinær verksemd på 4,0 milliardar kroner. Lågare resultat kjem i hovudsak av reduksjon i netto finansinntekter. Erstatningskostnadene auka med 8 prosent, medan det var ein svak reduksjon i driftskostnadene. Auke i erstatningskostnadene saman med låg vekst i premieinntektene på 3 prosent førte til auke i combined ratio (summen av erstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning i prosent av premieinntekter for eiga rekning) med to prosentpoeng til 96,4 prosent. Premieinntekter for eiga rekning er dei premieinntektene som blir behaldne av selskapet, dvs. opptente brutto premieinntekt minus avgitte gjenforsikringspremiar.
Captiveselskapa er haldne utanfor som følgje av store variasjonar i resultata frå år til år. I tillegg er heller ikkje dei to store skadeforsikringsselskapa som er filialar av utanlandske selskap, If Skadeforsikring og Tryg Vesta Skadeforsikring, inkluderte i tala.
Samla behaldning av obligasjonar og sertifikat utgjorde 43 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2007, om lag uendra samanlikna med utgangen av 2006. Prosentdelen av aksjar i høve til balansen har i same periode falle med 4 prosentpoeng, og utgjorde 13 prosent ved utgangen av 2007.
Tabell 2.6 Resultatpostar i skadeforsikringsselskapa. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)(utan capitives)
2007 | 2006 | |||
---|---|---|---|---|
Milliardar kroner | Prosent | Milliardar kroner | Prosent | |
Premieinntekter f.e.r. | 20,8 | 20,3 | ||
Pådregne skadar f.e.r. | 15,8 | 76,1 | 14,7 | 72,5 |
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r. | 4,2 | 20,3 | 4,4 | 21,8 |
Teknisk resultat | 0,8 | 0,3 | 0,2 | 1,0 |
Netto finansinntekter | 3,1 | 15,1 | 3,8 | 18,6 |
Resultat av ordinær verksemd | 3,2 | 15,4 | 4,0 | 19,6 |
Resultat av teknisk rekneskap er eksklusive allokert investeringsavkastning Allokert investeringsavkastning omfattar eit beløp som tilsvarar ei berekna avkastning av dei gjennomsnittlege forsikringstekniske avsetningane i rekneskapsåret, og skal spegle ei avkastning på dei forsikringstekniske avsetningane.
Kjelde: Kredittilsynet
2.5.3 Finansieringsføretak
Finansieringsselskapa hadde eit resultat av ordinær verksemd på 1,8 milliardar kroner, ein auke på 0,2 milliardar kroner samanlikna med 2006. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital fall resultat med 0,13 prosent til 1,81 prosent. I høve til forvalta kapital auka netto renteinntekter noko. Tap på utlån auka noko samanlikna med 2006, men var framleis lågt. Finansieringsselskapa hadde samla ein vekst i utlån til kundar på 20 prosent, som var høgare enn veksten i bankane. Kjernekapitaldekninga var 9 prosent ved utgangen av 2007, om lag uendra samanlikna med utgangen av 2006.
Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær verksemd på 0,7 milliardar kroner i 2007, nær 0,2 milliardar kroner lågare enn i 2006. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital var dette ein nedgang på 0,08 prosentpoeng til 0,14 prosent. Betydelege tap på obligasjonar i eit av føretaka påverka resultata til selskapa samla. Kredittføretaka hadde ein vekst i utlån på nær 50 prosent siste år. Korrigert for porteføljeoverføring mellom bank og kredittføretak var utlånsveksten 17 prosent.
Samla hadde kredittføretaka ei kjernekapitaldekning på 5,9 prosent ved utgangen av 2007, ein nedgang på nær to prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2006. Nedgangen i kjernekapitaldekninga er påverka av negativt resultat i eit selskap. Selskapet hadde ytterlegare tap i 2008. Om dette selskapet blir halde utanfor, var kjernekapitaldekninga 7,2 prosent ved utgangen av 2007.
2.5.4 Verdipapirhandel
Ved utgangen av 2007 var det 132 verdipapirføretak med konsesjon frå Kredittilsynet. Av desse var 25 bankar.
Verdipapirføretaka fekk til saman driftsinntekter på 19 023 millionar kroner i 2007. Dette er ein auke på 2 343 millionar kroner (14 prosent) frå 2006. Rapporteringa som Kredittilsynet mottek, inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirføretak som er bank. Driftsresultat er følgjeleg berre kommenterte for verdipapirføretak som ikkje er bank. Verdipapirføretaka som ikkje er bank, fekk eit driftsresultat på 6 342 millionar kroner i 2007. Dette er ein auke på 295 millionar kroner (5 prosent) samanlikna med 2006. Driftsinntektene for dei same institusjonane blei 14 426 millionar kroner i 2007, som er 2 369 millionar kroner (20 prosent) meir enn i 2006. Samstundes auka driftskostnadene med 35 prosent, frå 6 009 millionar kroner i 2006 til 8 084 millionar kroner i 2007.
Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bank, er emisjons- og rådgivingsverksemd og mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument. Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemd blei 6 470 millionar kroner i 2007 for verdipapirføretaka som ikkje er bank. Dette er 1 627 millionar kroner (34 prosent) meir enn i 2006. Dei same føretaka fekk i 2007 inntekter frå mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument (sum kurtasjehandel og nettohandel) på 2 639 millionar kroner, noko som er ein reduksjon på 494 millionar kroner (16 prosent) frå 2006. Inntektene frå aktiv forvaltning blei 1 287 millionar kroner i 2007 for verdipapirføretaka som ikkje er bank. Dette er ein auke på 209 millionar kroner (19 prosent) samanlikna med 2006.
For verdipapirføretaka som er bank, blei driftsinntektene til saman 4 597 millionar kroner i 2007, noko som er om lag uendra frå 2006. Bankane sine inntekter frå investeringstenesteverksemda er i stor grad knytte til handel i gjeldsinstrument og valuta (både underliggjande og derivat). Handel med andre finansielle instrument (medrekna valutaderivat) gav verdipapirføretaka som er bank, ein samla gevinst på 2 120 millionar kroner i 2007. Samanlikna med 2006 er dette ein auke på 64 millionar kroner (3 prosent). Andre inntekter frå investerings- og tilleggstenester (medrekna spothandel i valuta) blei 1 540 millionar kroner i 2007, noko som er ein auke på 81 millionar kroner (6 prosent) frå 2006. Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemda til verdipapirføretak som er bank, auka med 116 millionar kroner (17 prosent) samanlikna med 2006, og blei på 807 millionar kroner. Verdipapirføretaka som er bank, fekk i 2007 til saman eit netto tap på 1 135 millionar kroner frå eigenhandel («market making») i eigenkapital- og gjeldsinstrument. Dette er ei forverring på 761 millionar kroner frå 2006.
Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond var 402,8 milliardar kroner ved utgangen av 2007, mot 338,3 milliardar kroner ved utgangen av 2006. Nettoteikninga (inklusive reinvestert utbytte) i 2007 var positiv med 58,1 milliardar kroner. Ved utgangen av 2007 var det 2,39 millionar partseigarforhold 1 i norskregistrerte verdipapirfond, som er ein auke på nær 130 000 i forhold til 2006. Det meste av auken i forvaltningskapital i 2007 var i pengemarknadsfond. Forvaltningskapitalen i pengemarknadsfonda auka med 34,4 milliardar kroner (46 prosent) i 2007. Av dette var 33,6 milliardar kroner nettoteikning (inklusive reinvestert utbytte).
Driftsinntektene til forvaltningsselskapa var 4 403 millionar kroner i 2007. Dette er ein auke på 431 millionar kroner (11 prosent) samanlikna med 2006. Driftsresultatet til forvaltningsselskapa var 1 487 millionar kroner i 2007, noko som er om lag uendra frå 2006. Dei viktigaste inntektskjeldene for forvaltningsselskapa er godtgjering for forvaltning av fond og inntekter for aktiv forvaltning av investorars porteføljar. Forvaltningsselskapa fekk ei godtgjering for forvaltning av fond på 3 539 millionar kroner i 2007, som er ein auke på 489 millionar kroner (16 prosent) samanlikna med 2006. Forvaltningsselskapa sine inntekter frå aktiv forvaltning var 454 millionar kroner i 2007, som er 179 millionar kroner (28 prosent) mindre enn i 2006. Ved utgangen av 2007 var 487,1 milliardar kroner til aktiv forvaltning hos forvaltningsselskapa, ein auke på 33,8 milliardar kroner (7 prosent) frå utgangen av 2006.
Boks 2.4 Samansette produkt
Samansette produkt består av ein innskots- eller obligasjonsdel og eit derivatelement. Derivatdelen er knytt til indeksar eller andre definerte marknadsvariablar. Avkastninga til det samansette produktet er avhengig av marknadsutviklinga til derivatelementet
Investorars behaldning av samansette produkt minka i 2007. Ved utgangen av året var det plassert om lag 39 milliardar kroner i desse produkta mot 48 milliardar året før. Bankane sine utlån til kjøp av produkta har òg gått ned i same periode, frå 34 til 30 milliardar kroner, og om lag 90 prosent av utlåna relaterer seg til personmarknaden. Rapporteringar frå institusjonane viser at samansette produkt for dei fleste bankar utgjer små delar av den totale utlånsporteføljen deira, og prosentdelen er blitt redusert frå 2006 til 2007 til om lag 2 prosent. Det er likevel enkelte bankar der denne delen er betydeleg større.
Kredittilsynet nedsette i 2006 ei arbeidsgruppe som har arbeidd med spørsmål knytte til informasjon gitt ved sal av og rådgiving i samband med samansette produkt. Den 25. september 2006 blei det fastsett ei forskrift om opplysningsplikt ved tilbod om kjøp av samansette produkt, som gjeld for finansinstitusjonar. For verdipapirføretaka blei det i rundskriv 15/2006 del I gitt nærare retningslinjer for informasjonskrav o.a. ved sal av samansette produkt.
Sommaren 2007 bad Finansdepartementet Kredittilsynet om å vurdere om pliktene til verdipapirføretaka ved sal av samansette produkt også burde gå fram av forskrift, inkludert vurdere behovet for særreglar sett i lys av dei nye, generelle krava til opplysningsplikt som følgjer av ny verdipapirhandellov og tilhøyrande forskrift. Dette blei ikkje funne nødvendig, då innføringa av nytt verdipapirregelverk dekte dei krava til informasjonsplikt som følgde av rundskrivet, og innebar ei meir presis regulering av krava til rådgiving. Kredittilsynet meinte det likevel var behov for å endre forskrifta for finansinstitusjonar, for å sikre likebehandling av finansinstitusjonar og verdipapirføretak.
Kredittilsynet utførte også i 2007, på oppdrag for Finansdepartementet, ei spørjeundersøking blant 15 bankar om forhold knytte til samansette produkt. Berekningar, baserte på bankane sine eigne innrapporterte avkastningstal, viste at dei fleste produkta som er haldne til forfall pr. tredje kvartal 2007, ikkje har generert meiravkastning i forhold til ei risikofri investering. Dette var tilfelle både for reine eigenkapitalfinansierte og for lånefinansierte investeringar. Dei kvalitative aspekta ved undersøkinga understreka inntrykket av at skiljet mellom rådgiving og sal ikkje kjem klart fram i praksisen til bankane. Undersøkinga viste òg at styra i bankane i liten grad har vore involverte i lanseringa av samansette produkt, sjølv om det er høg renommérisiko ved sal av slike produkt. I lys av resultata frå denne undersøkinga og som følgje av innføringa av ny verdipapirhandellov med tilhøyrande forskrift har Kredittilsynet arbeidd med endringar i det gjeldande lovverket for informasjonsplikt ved sal av desse produkta. Utkast til forskrift om endringar i forskrift av 25. september 2006 blei sendt på høyring hausten 2007, og endringane blei fastsette i februar 2008, og tok til å gjelde frå 1. mars 2008.
Investeringsrådgiving har blitt ei konsesjonspliktig teneste. Med investeringsrådgiving meiner vi personleg anbefaling til ein kunde, på initiativ frå kundane eller verdipapirføretaket, om ein eller fleire transaksjonar i samband med bestemte finansielle instrument. Ved investeringsrådgiving skal verdipapirføretaket gjere ei «skikkavurdering». Dette skal setje verdipapirføretaket i stand til å vurdere om dei enkelte transaksjonane som er omfatta av investeringsrådgiving, oppfyller følgjande kritereium: 1) er i samsvar med kundens investeringsmål, 2) er slik at kunden er finansielt i stand til å handtere risikoen, og 3) er slik at kunden har nødvendig erfaring og kunnskap til å forstå risikoen. Desse krava til skikkavurdering ved investeringsrådgiving er i forskrift om samansette produkt også gjorde gjeldande for finansinstitusjonane sine sal av samansette produkt som ikkje blir definerte som eit finansielt instrument etter verdipapirhandellova.
Kredittilsynet har lagt til grunn at institusjonane normalt ikkje skal selje samansette produkt eller andre kompliserte produkt til kundar som ikkje er profesjonelle investorar. Kredittilsynet trur at med det nye regelverket vil tilbod om lånefinansiering av investeringar i samansette produkt i praksis ta slutt, og at investert volum i produkta framleis kjem til å gå ned.
Fotnotar
Ein einskild investor kan vere partseigar i fleire ulike verdipapirfond.