5 Verksemda til Noregs Bank i 2007
5.1 Årsmeldinga for 2007
Årsmeldinga 2007 for Noregs Bank blei behandla og godkjend i hovudstyremøtet 20. februar 2008. Etter § 30 i «lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet» (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15b i instruks for Riksrevisjonen skal Riksrevisjonen «rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Norges Bank». Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd andre punktum at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden «snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet oversende til Riksrevisjonen:
bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning
hovedstyrets årsberetning
representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken, og
statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank.»
Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a-c, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Noregs Bank blei ikkje instruert med heimel i sentralbankloven § 2 tredje ledd i år 2007.
5.1.1 Leiing og administrasjon
5.1.1.1 Hovudstyret
Hovudstyret har sju medlemmer som er oppnemnde av Kongen, jf. § 6 i sentralbanklova. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefen nestleiar i hovudstyret. Hovudstyret blir supplert med to medlemmer som representerer dei tilsette i banken, når styret har oppe administrative saker. Hovudstyret hadde 17 møte i 2007.
Hovudstyret var ved utgangen av 2007 samansett slik (vararepresentantar i parentes):
Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiar
Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar
Avdelingsdirektør Vivi Lassen (siviløkonom Kari Broberg)
Administrerande direktør Liselott Kilaas (førsteamanuensis Aage Thor Falkanger)
Dagleg leiar Brit K. Rugland (cand.polit. Berit Tennbakk)
Professor Øystein Thøgersen (førsteamanuensis Ingunn Myrtveit)
Professor Asbjørn Rødseth (direktør Eirik Wærness)
Representantar for dei tilsette:
Jan Erik Martinsen (Sven Odd Rotbæk)
Torgrim Roll 1 (Gunnvald Grønvik)
5.1.1.2 Representantskapet
Stortinget oppnemner eit representantskap med 15 medlemmer og vel leiar og nestleiar for to år, jf. sentralbanklova § 7.
Representantskapet var ved utgangen av 2006 samansett slik (vararepresentantar i parentes):
Mary Kvidal, leiar (autorisert regkneskapsførar Lars Gjedebo)
Kommunalråd Liv Røssland, nestleiar (prosjektleiar Frode Klemp)
Dagleg leiar Solveig Nordkvist (skoleassistent Liv Stave)
Kommunalråd Terje Ohnstad (rådgivar Herdis Maihack Engen)
Direktør Tom Thoresen (statsautorisert revisor Hans Kolstad)
Fylkesrådsleiar Reidar Åsgård (ordførar Ola Røtvei)
Rådgivar Anne Strifelt (seksjonssjef Inger Spangen)
Ordførar Frank Sve (administrasjonssjef Erland Vestli)
Oskar Grimstad (varaordførar Pål Morten Borgli)
Siviløkonom Terje Johansen (administrerande direktør Torild Skogsholm)
Rektor Eva Karin Gråberg (LO-sekretær Jan Elvheim)
Lektor Runbjørg Bremset Hansen (student Camilla Bakken Øvald)
Dekan Hans Petter Kvaal (politisk rådgivar Arent Kragh)
Konsulent Kåre Harila (rektor Liv Sandven)
Salsleiar Trond Lode (ordførar Ivar B. Prestbakmo)
5.1.1.3 Bruken av ressursar i Noregs Bank – intern kontroll og risikostyring
Noregs Bank har i brev 20. februar 2008 til Finansdepartementet gjort greie for utviklinga i ressursbruken og om arbeidet med å styrkje den interne kontrollen og risikostyringa. Der står det mellom anna:
«Noregs Bank legg vekt på at sentralbanken skal utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader. Verksemda skal vere veldriven, prega av høgt etisk medvit og i samsvar med beste internasjonale praksis. Banken skal vise vilje og evne til endring.
Ressursbruken
Banken har dei siste åra konsentrert verksemda om kjerneoppgåvene pengepolitikk, finansiell stabilitet og kapitalforvaltning, samt drifts- og støtteoppgåver i samband med desse funksjonane. Dette har resultert i betydelege omstillingar. Kontanthandteringa blei skild ut i eit eige selskap i 2001, og alle aksjane banken hadde, selde i januar 2006. Den Kongelege Mynt blei seld i 2003. Det har vore ei konsentrasjon om grossistrolla i kontanthandteringa og talet på kontantdepot er redusert. Setelproduksjonen i banken blei avvikla i første halvår 2007, og det er inngått avtale med to utanlandske seteltrykkjeri om leveranse av setlar. Dei fyrste leveransane vil skje i 2008. Drifta av bankens oppgjerssystem er utkontraktert. Statistikkverksemda i Noregs Bank blei overført til Statistisk sentralbyrå (SSB) 1. januar 2007. Det er vidare lagt planer for reduksjon av dei sentrale stabs- og støttefunksjonane i banken fram mot 2010.
Ved utgangen av 2007 var det i alt 528 fast tilsette i Noregs Bank, mot 542 ved utgangen av 2006. Talet på tilsette er redusert med vel 600 frå siste del av 1990-talet. Det har skjedd samstundes som ressursbruken er auka på bankens kjerneoppgåver. I kapitalforvaltninga har det vore ein auke i talet på tilsette dei siste åra. Dette kjem særleg av den sterke veksten i forvaltningskapitalen i Statens pensjonsfond – Utland. Talet på fast tilsette i kapitalforvaltninga ved utgangen av 2007 var 178 mot 128 året før. Som følgje av den store auken i kapital under forvaltning dei næraste åra og endringar i oppgåvenes kompleksitet, vil det også i åra framover truleg bli ei auke i talet på tilsette i denne delen av bankens verksemd.
Omstillingane i banken har konsekvensar for mange tilsette. Banken bruker personalpolitiske tiltak for å gjere omstillingar i banken lettare for dei tilsette. I perioden 1999 til utgangen av 2007 blei det inngått i alt 334 avtaler om avgang ved bruk av personalpolitiske verkemiddel. I 2007 fekk 22 medarbeidarar i ulike delar av banken innvilga søknad om slik avgang, mot 7 året før.
Dei samla kostnadene ved omstilling i perioden 1999 til 2007 utgjer om lag 441 millionar kroner. Hovudtyngda skriv seg frå avtaler som kom i stand i 2000 og 2001. Det er i rekneskapen sett til side 129 millionar kroner til å dekkje framtidige utbetalingar knytte til omstillingane.
Omstillingane og nedgangen i talet på tilsette har ført med seg at det blir ledige lokale ved hovudkontoret. Noregs Bank er oppteken av at bygget blir best mogleg forvalta og at ledige areal blir forsvarleg og forretningsmessig utnytta. Det er inngått avtale med Kredittilsynet om utleige av store delar av dei areala som blir ledige etter at verksemda til seteltrykkjeriet blei avvikla i 2007. Leigeavtalen føreset ei omfattande ombygging. Blant anna blir dei tidlegare industrilokala til seteltrykkjeriet bygde om til kontorlokale. Det har i 2007 vore ei omprosjektering som følgje av før høge kostnader i dei fyrste tilboda. Ombygginga vil stå ferdig ved utgongen av 2009. Avtaler som har kome i stand etter omprosjekteringa har ei samla ramme på noko meir enn 300 millionar kroner. Utover dette må det reknast med kostnader som følgje av uventa forhold som normalt kjem til i slike byggjeprosjekt. Representantskapet har i tillegg løyvd pengar til ein del interne ombyggingar.
Netto ressursbruk til bankens eiga drift har reelt, målt mot prisindeks for offentlege utgifter, falle med om lag 28 prosent sidan 1998. Omstillingskostnadene er da haldne utanfor. Netto ressursbruk viser ein viss auke frå 2006 til 2007. Auken er særleg knytt til forvaltning av investeringsporteføljen i valutareservane. Kostnadene ved forvaltninga av Statens pensjonsfond - Utland blir dekte gjennom inntekter frå forvaltningsavtala med Finansdepartementet. Nedgangen i ressursbruken dei siste åra kjem av effektivisering, meir korrekt prising av tenester, og at oppgåver er fasa ut.
Styrking av den intern kontroll og risikostyring - Tilpassingar i revisjonsordningane.
Intern kontroll og risikostyring er vesentleg for verksemda banken driv, og er ein integrert del av det ordinære linjeansvaret og leiingssystemet i banken. Hovudstyret får årleg ei melding om risikobildet og kvaliteten i den interne kontrollen for dei enkelte verksemdsområda. Noregs Bank Investment Management rapporterar oftare.
Utviklinga, særleg innanfor forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland, men også i dei andre kjerneoppgåvene til banken, medfører auka operasjonell risiko og omdømmerisiko. Dette stiller banken og dei styrande organa overfor nye utfordringar.
Hausten 2006 vart det etablert ein revisjonskomité og frå sommaren 2007 ein særskild internrevisjon under hovudstyret. Revisjonskomitéen består av tre av dei eksterne medlemmene i hovudstyret. Han er i fyrste rekkje eit saksførebuande organ for hovudstyret på utvalde område; i hovudsak knytt til styret sine tilsynsfunksjonar og ansvar for risikostyring og kontroll. Også den særskilde internrevisjonen er fagleg lagd under hovudstyret og er sekretariat for revisjonskomiteen. Internrevisjonen har i februar 2008 seks tilsette. Endringane er gjennomførte i forståing med representantskapet, men rører elles ikkje ved representantskapets kompetanse og ansvar etter sentralbanklova for å føre tilsyn med bankens drift og for organiseringa av sentralbankrevisjonens verksemd.
For å styrkje kompetansen og møte dei særlege ufordringane ein står overfor i den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga, har sentralbankrevisjonen i 2007 etablert eit samarbeid med eit av dei store internasjonale revisjonsselskapa.»
For vidare omtale av ressursbruken og tilpassingane av revisjonsordningane og så vidare i Noregs Bank viser vi til banken si årsmelding for 2007. Departementet sitt forslag til høyring av endringa i føresegnene til sentralbanklova er omtala i St.meld. nr. 16 (2007–2008) «Om forvaltningen av Statens pensjonsfond 2007».
5.1.2 Nærare om verksemda til Noregs Bank i 2007
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank mellom anna vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Det følgjande er ei framstilling av verksemda til Noregs Bank i 2007. Framstillinga byggjer i stor grad på årsmeldinga frå Noregs Bank. Sjå årsmeldinga for ein meir utfyllande gjennomgang.
5.1.2.1 Kapitalforvaltning
Noregs Bank forvaltar valutareservane og er av Finansdepartementet gitt i oppdrag å sørgje for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland. I tillegg forvaltar Noregs Bank Statens petroleumsforsikringsfond for Olje- og energidepartementet. Ved utløpet av 2007 forvalta Noregs Bank 2274 milliardar kroner i dei internasjonale kapitalmarknadene. Dei to største porteføljane er Statens pensjonsfond – Utland og Noregs Banks valutareservar.
Forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland er omtala i St.meld. nr. 16 (2007–2008).
Noregs Banks hovudstyre har fastsett retningslinjer for forvaltninga av valutareservane. Investeringsporteføljen utgjer den største delen av valutareservane. Dei to andre delporteføljane er pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen. Hovudstyret vedtok i juni 2007 å utvide referanseporteføljen for aksjar til også å omfatte små børsnoterte selskap. På same tid blei også reguleringa av godkjende marknader og land endra. Tidlegare fastsette hovudstyret ei landliste, medan dei nye reglane set visse formalkrav som må vere oppfylte før ein kan gjere investeringar i eit nytt land. Desse endringane samsvara med dei vedtaka som Finansdepartementet hadde fatta for Pensjonsfondet. Endringa i investeringsporteføljen blei gjennomført 31. august 2007. Det er ingen endringar i forvaltninga av pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen.
Marknadsverdien av investeringsporteføljen var 214 milliardar kroner ved utgangen av 2007. I 2007 var avkastninga på investeringsporteføljen 3,37 prosent målt i den valutakorga som svarar til samansetninga av referanseporteføljen. Målt i norske kroner var avkastninga –4,69 prosent. Forskjellen kjem av at den norske krona styrkte seg i forhold til valutakorga for referanseporteføljen. Forvaltninga gav ei mindreavkastning på 1,12 prosentpoeng målt i forhold til kva ein ville fått ved å investere i referanseporteføljen.
Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond var 14,7 milliardar kroner ved utgangen av 2007. Fondet hadde i 2007 ei avkastning på 5,15 prosent målt i utanlandsk valuta, og –3,12 prosent når ein måler i norske kroner. Dette var 0,16 prosentpoeng høgare enn avkastninga på den referanseporteføljen som Olje- og energidepartementet har definert.
Det er bygd opp kontrollapparat for investeringsverksemda både innanfor områda for kapitalforvaltning og pengepolitikk, og i andre delar av sentralbanken.
Noregs Banks valutareservar og plasseringane for Statens pensjonsfond – Utland inngår i Noregs Banks årsrekneskap som blir revidert av Noregs Banks revisjon.
Noregs Banks revisjon utfører revisjonen av kapitalforvaltninga. Riksrevisjonen har ansvaret for den overordna revisjonen av Statens pensjonsfond – Utland og byggjer arbeidet sitt på mellom anna materialet frå Noregs Banks revisjon. Statens petroleumsforsikringsfond blir rekneskapsført av Noregs Banks revisjon i deira revisjon av dette fondet. Noregs Banks revisjon gir si revisjonsmelding til Noregs Banks representantskap. Noregs Banks revisjon uttalar seg om retningslinjene for porteføljane er følgde.
Det er gjort nærare greie for kapitalforvaltninga i Noregs Bank i banken si årsmelding og i ei eiga årsmelding for kapitalforvaltninga. Forvaltninga av Statens pensjonsfond er også omtala i statsrekneskapen.
5.1.2.2 Finansiell stabilitet – overvaking av finansmarknadene
Det finansielle systemet er samansett av finansinstitusjonar, finansmarknader og betalingssystem. Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust overfor forstyrringar i økonomien, slik at det er i stand til å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte.
Overvakinga av finansmarknadene blir framstilt i rapporten «Finansiell stabilitet», som blir gitt ut to gonger i året. Formålet med rapporten er å gi ei samla vurdering av utsiktene for finansiell sektor med særleg vekt på bankane og deira evne til å møte kraftige forstyrringar i økonomien. Hovudkonklusjonane i rapporten blir oppsummerte i eit eige brev til Finansdepartementet. Rapporten skal òg medverke til dialog med finansnæringa om tilhøve som kan skape ubalansar i det finansielle systemet, og informere allmenta om denne typen spørsmål.
Finansmarknadene i ulike land har blitt meir integrerte. Det stiller sterkare krav til samarbeid om beredskap og behandling av kriser. Sentralbankane og tilsynsstyresmaktene i Norden held fram med å samarbeide om tilsyn og behandling av kriser i grensekryssande bankar. Noregs Bank, Finansdepartementet og Kredittilsynet held kvart halvår eit trepartsmøte. Der drøftar partane utsiktene for finansiell stabilitet, samstundes som ein går gjennom erfaringar frå kriseøvingar og ser på samarbeidet ved behandling av eventuelle kriser. I 2007 har ein mellom anna drøfta konsekvensane av uroa i dei internasjonale finansmarknadene.
5.1.2.3 Betalingssystem og betalingsmiddel
Noregs Bank arbeider med å fremje effektive og robuste betalingssystem gjennom å:
medverke til sikkert og effektivt oppgjer av betalingar mellom bankane på kontoane deira i Noregs Bank.
ta hand om konsesjons- og tilsynsansvar for system for avrekning og oppgjer av pengeoverføringar mellom bankane og overvake risikoen bankane tek på seg når dei tek del i systema.
leggje til rette for best mogleg samband med internasjonal betalingsformidling.
medverke til robuste beredskapsløysingar.
informere allmenta om betalingssystema, blant anna gjennom den årlege rapporten om betalingssystem.
Noregs Banks oppgjerssystem
Ved utgangen av 2007 hadde 142 bankar kontoar i Noregs Bank. Av desse gjorde 23 bankar opp sine betalingar dagleg i Noregs Bank, anten som enkeltbetalingar eller som nettoposisjonar i avrekningar. Størstedelen av bankane utfører berre av og til transaksjonar på kontoane sine i Noregs Bank, til dømes i samband med opptak av lån eller innskot og uttak av kontantar i sentralbanken. Fordi alle dei største bankane gjer opp betalingane sine dagleg i Noregs Bank, blir likevel størsteparten av betalingane gjorde opp i sentralbanken. Kvar dag blir det gjort opp betalingar som til saman utgjer i storleiken 150–250 milliardar kroner i Noregs Bank.
Noregs Bank yter lån til bankane mot pant i verdipapir. Slike lån medverkar til å effektivisere gjennomføringa av pengepolitikken og betalingsoppgjera. Høvet til å ta opp lån er regulert i ei eiga forskrift og i nærare retningslinjer frå Noregs Bank. Frå november 2007 skal alle verdipapir som kan vere pant for lån i Noregs Bank, oppfylle nye krav som blei fastsette i 2005. Enkelte reglar blei òg gjorde lettare for bankane frå november 2007. Det blei opna for at verdipapir i australske og newzealandske dollar kan godtakast som pant. Vidare blei det lagt betre til rette for at bankane kan stille luter i verdipapirfond som pant. Slike luter vil ikkje lenger bli avkorta for valutarisiko dersom sjølve fondet er sikra mot valutarisiko. Dessutan blei det opna for at slike luter kan vere pant sjølv om verdipapirfondet investerer i verdipapir som ikkje er noterte på børs eller annan godkjend marknadsplass. Det må likevel liggje føre ei bindande tilsegn om at verdipapira skal få ei slik notering seinast 14 dagar etter at fondet har kjøpt verdipapira.
Bankane betaler for kontohald og oppgjerstenester i Noregs Bank. Prisstrukturen er tredelt, med ein tilknytingspris for nye deltakarar, årlege prisar for deltaking i ulike delar av oppgjerssystemet og pris for einskilde betalingar. Prisane blir fastsette årleg og kunngjorde gjennom rundskriv frå Noregs Bank. Inntektene skal dekkje dei relevante kostnadene Noregs Bank har med å utføre kontohalds- og oppgjerstenestene.
Driftstenestene og den systemmessige forvaltninga av kontohalds- og oppgjerstenestene i Noregs Bank blir leverte av ErgoGroup AS etter avtale med Noregs Bank. I 2007 har drifta av oppgjerssystemet hatt tilfredsstillande kvalitet på om lag same nivå som åra før. Noregs Bank har samstundes førebudd innføringa av ei ny systemløysing for oppgjerssystemet. Den nye løysinga skal setjast i drift i 2008.
Noregs Bank utfører banktenester for staten i eit særskilt kontosystem som inngår i staten si økonomiforvalting. Eit hovudomsyn er å samle statens likviditet kvar dag på statens foliokonto i Noregs Bank. Staten ved Finansdepartementet betaler ei årleg godtgjering som dekkjer kostnadene ved desse tenestene.
Risiko i betalingssystema
Deltaking i betalingssystema kan utsetje bankane for risiko. Dei viktigaste formene for risiko er kredittrisikoar, likviditetsrisiko, juridisk og operasjonell risiko.
Kredittrisiko i betalingssystema oppstår dersom bankane godskriv kundane før dei sjølv har motteke oppgjer for ein betalingstransaksjon. Bankane godskriv normalt kundane etter oppgjer. Kredittrisikoen i betalingssystema er derfor monaleg redusert.
Likviditetsrisiko oppstår dersom ein bank ikkje får tilført likviditet fordi eit betalingsoppgjer ikkje blir gjennomført som planlagt. Noregs Bank har laga analysar som viser at bankane generelt har tilstrekkeleg likviditet til å møte slike hendingar.
Dersom det ikkje er klart kva deltakarane har rett og plikt til i systemet, oppstår det juridisk risiko. Etter at betalingssystemlova, med blant anna krav til avtalane i betalingssystem med konsesjon blei sett i kraft, ser Noregs Bank på den juridiske risikoen som låg.
Operasjonell risiko kan komme av mangelfulle prosedyrar, feil i datasystem og telekommunikasjon, brot på regelverk o.a. Kvar systemeigar har ansvar for å skipe til rutinar, reserveløysingar, kompetanse og beredskap som set dei i stand til å handtere den operasjonelle risikoen. Dei siste åra er det sett i verk moderniseringsprosjekt som vil gjere stabiliteten og effektiviteten i det norske betalingssystemet betre.
Konsesjonsregulering og tilsyn med interbanksystem
Interbanksystema som har konsesjon og er under tilsyn frå Noregs Bank, er Norwegian Interbank Clearing System (NICS) og interbanksystemet til DnB NOR. Hovudtyngda av verksemda til NICS er å avrekne mindre og mellomstore betalingar mot kvarandre og berekne posisjonane mellom dei deltakande bankane. Posisjonane blir sende til Noregs Bank og gjorde opp i Noregs Banks Oppgjerssystem (NBO). NICS er òg ein kanal for å sende store enkeltbetalingar mellom bankane til oppgjer i Noregs Bank. DnB NOR er oppgjersbank for om lag hundre mindre og mellomstore bankar.
NICS og DnB NOR sine interbanksystem blei i 2007 evaluerte mot internasjonale tilrådingar. Noregs Banks eige system, NBO, blei òg evaluert. Vurderingane blei publiserte i Noregs Bank sin Årsrapport om betalingssystem. Alle tilrådingane blei rekna som oppfylte eller i hovudsak oppfylte.
Tilsynet med NICS og DnB NOR er i 2007 ført vidare etter same opplegg som tidlegare. Dei to systemeigarane skal jamleg rapportere om viktige endringar i mellom anna eigar-, organisasjons- og driftsforhold. Stabiliteten i systema blir følgd opp gjennom driftsrapportar. I tillegg til jamn kontakt blir det halde faste tilsynsmøte.
Utviklinga i bruk av ulike betalingsinstrument
Gjennom fleire år har det i Noreg vore aukande bruk av elektroniske tenester. Desse blir produserte til lågare kostnader enn papirbaserte tenester og gjer det mogleg å gjennomføre betalingane raskare. Utviklinga har derfor auka effektiviteten i det norske betalingssystemet. Noregs Bank gir kvart år ut ein Årsrapport om betalingssystem som skildrar sentrale utviklingstrekk i betalingsformidlinga. Rapporten er ein viktig del av Noregs Bank si overvaking av betalingssystemet. 2 Rapporten for 2006 var den tjuande i rekkja.
Utviklinga med auka bruk av elektroniske betalingstenester held fram. Ved utgangen av 2006 var det over 9 millionar betalingskort i Noreg. Dette var 17 prosent fleire enn året før, og veksten var større enn tidlegare år. Talet på kortbetalingar auka med 14 prosent og utgjorde i snitt 185 betalingar pr. innbyggjar. Talet på betalingsterminalar og talet på brukarstader med terminalar auka også. Noreg er eit av dei landa i verda der kort blir nytta mest. Veksten i bruk av kredittkort er høgare enn veksten i bruk av vanlege bankkort. Privatpersonar og bedrifter nyttar nettbank meir enn før, og dei tek i bruk tenester som eFaktura og Avtalegiro i aukande grad. Samstundes blir dei papirbaserte tenestene nytta mindre. Personkundar overførte 585 milliardar kroner med nettbank i 2007 Dette er ei tredobling på fem år. Personkundar betalte 82 prosent av rekningane sine elektronisk.
Internasjonal betalingsformidling
I Europa arbeider banknæringa, sentralbankar og offentlege styresmakter for å oppnå eit felles europeisk betalingsområde. Formålet er å gjere betalingar som kryssar landegrenser i EU, like enkle, effektive og sikre som betalingar innanfor ein medlemsstat. Den europeiske banknæringa har derfor gått i gang med å etablere ordningar som skal vere felles for landa innanfor EU/EØS. Våren 2007 valde den norske banknæringa å slutte seg til nokre av ordningane, og bankane er no i ferd med å inngå tilslutningsavtalar.
For å få til eit europeisk betalingsområde trengst det eit felles lovgrunnlag. Det nye direktivet om betalingstenester gir denne lovmessige plattforma. Direktivet blei formelt godteke av EUs parlament og råd 13. november 2007. Direktivet regulerer kven som kan tilby betalingstenester til publikum. Det definerer rettar og plikter for brukarar og leverandørar av betalingstenester. Direktivet vil auke konkurransen ved å opne marknaden for nye deltakarar, og slik gi auka effektivitet og reduserte kostnader. Finansdepartementet har nedsett ei arbeidsgruppe som skal kome med forslag til innarbeiding av direktivet i norsk lov.
TARGET (Trans-European Automated Real-time Gross settlement Express Transfer system) blei etablert i samband med lanseringa av euroen i 1999. TARGET var ei samanknyting av dei nasjonale oppgjerssystema i EU. I november 2007 blei ein ny versjon lansert, TARGET2, med ei felles plattform for oppgjerssystema. TARGET2 gjer det enklare for bankane å handtere betalingsstraumane og effektivisere likviditetsstyringa si. TARGET2 gjer og beredskapsarbeidet enklare.
5.1.2.4 Beredskap i finansiell sektor
Arbeidet til Noregs Bank med beredskap i finansiell sektor er ein del av sentralbankens generelle arbeid overfor sektoren. I tillegg har Noregs Bank eit ansvar for å følgje opp sivilt beredskapssystem i finansiell sektor. Internt gjeld beredskapsarbeidet blant anna forsyning av setlar og myntar og drifta av bankens oppgjerssystem. Eksternt gjeld det generelt for den finansielle infrastrukturen, særskilt blant anna sentralbankens rolle ved likviditetskriser i finansiell sektor og ansvaret etter banksikringslova. Det blir regelmessig halde øvingar for å teste beredskapen. I 2007 blei det mellom anna gjennomført ei nordisk øving av behandlinga av krise i ein viktig nordisk finansinstitusjon.
Finansmarknader og finansinstitusjonar
Det har i 2007 vore høg aktivitet i ulike EU-organ for å styrkje evna til å kunne behandle ei finansiell krise som vedkjem fleire land. Rådet av finansministrar (ECOFIN) er blitt samd om nye retningslinjer for behandling av finansielle kriser. Det har òg varsla at det vil kome ein ny avtale om korleis finansdepartement, tilsyn og sentralbankar skal samarbeide i behandlinga av kriser. Avtalen skal gjelde alle EØS-landa. Arbeid med krisebehandling er òg gjort i Committee of European Banking Supervisors (CEBS) og dels i Banking and Supervision Committee (BSC). På grunn av EØS-avtalen og den tette integrasjonen mellom banksystema i EU- og EØS-landa deltek styresmakter i Noreg, Island og Liechtenstein i arbeidet. Noregs Bank og Kredittilsynet har vore observatørar i CEBS sidan 2004, og frå 2006 har dei to institusjonane blitt inviterte til møta i BSC.
I Noreg blir utsiktene for finansiell stabilitet og beredskap mot kriser i finansiell sektor regelmessig vurderte i trepartsmøta mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Uroa i dei finansielle marknadene internasjonalt var tema for eit særskilt møte i 2007.
Finansiell infrastruktur
Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) er skipa for å tryggje ei best mogleg samordning av beredskapen ved forstyrringar i drifta av infrastrukturen. Noregs Bank leier utvalet og gjer sekretariatsarbeidet. Dei viktigaste andre aktørane i den finansielle infrastrukturen deltek i arbeidet, medan Finansdepartementet deltek med ein observatør. I 2007 har utvalet halde tre ordinære møte og drøfta spørsmål knytte til driftsstabilitet og risiko i den finansielle infrastrukturen. Kredittilsynet presenterte sin analyse for 2006 av risiko og sårbarheit ved bruken av IKT-system i finansnæringa. Utvalet har vidare gått gjennom røynsler frå avvikssituasjonar, testar av reserveløysingar og beredskapsøvingar.
I samband med BFI sitt møte i juni blei det halde ei øving der ein situasjon med spreiing av datavirus i sentrale system i banknæringa blei drøfta. Utvalet har i 2007 behandla ein rapport med vurderingar av alternative løysingar i situasjonar der ordinære betalingsmåtar ikkje kan brukast. Hovudtrekka i planane i Sivilt beredskapssystem er presenterte for utvalet. Sekretariatet for utvalet har delteke i eit seminar i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap der eit scenario med utbrot av pandemi blei drøfta. Vidare har sekretariatet representert utvalet i møte i Fylkesberedskapsrådet for Oslo og Akershus.
Det blir halde jamlege øvingar av beredskapen og reserveløysingane for dei systema som er knytte til drifta av Noregs Bank sitt oppgjerssystem. Desse øvingane finn stad både internt i Noregs Bank og i samarbeid med andre sentrale aktørar. I 2007 blei det halde øvingar av reserveløysingar og behandling av avbrot for sjølve oppgjerssystemet, systemet for pantsetjing av verdipapir for lån, bruk av det internasjonale meldingssystemet SWIFT og deltaking i det internasjonale oppgjerssystemet for handel med valuta, Continuous Linked Settlement – CLS.
5.1.2.5 Setlar og myntar
Verdien av setlar og myntar i omløp har stige dei fire siste åra. I 2007 steig omløpet med litt over to prosent til om lag 50,2 milliardar kroner som gjennomsnitt for året. Rekna i høve til betalingsmiddel i alt (M1) fekk uteståande setlar og myntar likevel mindre vekt.
Verdien av setlar i sirkulasjon var i gjennomsnitt 45,7 milliardar kroner i 2007. Det er om lag tre prosent høgare enn i 2006. Ser ein på samansetjinga av valørane, er det ein klar tendens at talet på 500-kronesetlar aukar, medan talet på 1000-kronesetlar minkar.
Verdien av myntar i sirkulasjon var i 2007 i gjennomsnitt på 4,6 milliardar kroner, som var ein nedgang på over to prosent frå 2006. Samansetjinga av myntomløpet viser at 20-kronemynten sin del har minka. Det kjem av forbodet mot speleautomatar som tredde i kraft 1. juli 2007, og som førte til stor inngang av 20-kronemyntar til Noregs Bank.
Talet på beslaglagde falske norske setlar ligg på eit svært lågt nivå samanlikna med andre land. Det var ein auke fram mot 2000, då fargekopimaskinar, PC-skannarar og skrivarar blei meir utbreidde. I perioden 2002 til 2004 la Noregs Bank inn nye metalliske element i 100- og 200-kronesetlane. Også tryggleiken for 50-kronesetelen blei forbetra i 2004. Etter oppgraderingane har talet på falske setlar lege på om lag 500 kvart år.
Noregs Bank har dei siste åra gått gjennom rolla si i kontantforsyninga for å skape ei mest mogleg effektiv ansvars- og arbeidsdeling mellom aktørane og eit klarare skilje mellom ulike typar tenester. Noregs Bank sitt mål er å ha ei grossistrolle i kontantforsyninga slik at bankane kan utføre den vidare distribusjonen og omfordelinga av kontantar ut frå sine behov. Ulike tiltak er sette i verk for å nå målet. Talet på sentralbanken sine depot er minka til fem (Bergen, Oslo, Stavanger, Tromsø, Trondheim), og bankane sine vilkår for å levere inn og ta ut kontantar ved desse depota er justerte. Det er også etablert ei ordning der Noregs Bank betaler rentekompensasjon for kontantar som bankane ut frå sine eigne behov har i private kontantdepot. Ved utgangen av 2007 var det 16 private kontantdepot rundt om i landet. Som ei følgje av desse endringane er bankane sine innskot og uttak av kontantar i Noregs Bank blitt kraftig reduserte.
Verksemda i Noregs Banks Seteltrykkjeri blei avvikla 30. juni 2007, og sentralbanken skal no kjøpe setlar frå andre seteltrykkjeri. Det er inngått avtalar med De La Rue International Limited frå England og Francois-Charles Oberthur Fiduciaire frå Frankrike. Avtalane gjeld for perioden 2007–2012, og første levering blir i 2008.
Noregs Bank har avtale om å kjøpe mynt frå Det Norske Myntverket fram til 31.12.2009. Hausten 2007 er det sett i gang ein anbodsprosess for å velje leverandør frå 2010.
Kostnadene Noregs Bank har som utferdar, omfattar kostnader til produksjon av nye setlar og myntar, kostnader for å halde oppe kvaliteten på setlar og mynt i omløp, og kostnader ved distribusjon. Kostnadene for å halde kvaliteten oppe er knytte til veksling av slitne setlar og destruksjon av skadde/slitne/utgåtte setlar og myntar. Distribusjonen omfattar transport til sentralbanken sine depot, lagring, og tenesteyting til bankane ved deira inn- og utleveringar. Noregs Bank kjøper tenester til forvaltning av sine eigne depot og tenester knytte til seteldestruksjon frå Norsk Kontantservice AS (NOKAS).
Dei totale kostnadene Noregs Bank hadde i samband med kontanthandteringa, blei reduserte frå 147 millionar kroner i 2006 til 128 millionar i 2007. Det var lågare kostnader til produksjon av setlar og til kjøp av eksterne depot- og behandlingstenester. Det siste heng saman med etableringa av private kontantdepot. Det var auke i kostnadene til kjøp av mynt av di metallprisane var høgare i 2007.
I tala ovanfor har ein ikkje teke med den rentekompensasjonen som er betalt for behaldningane i dei private kontantdepota. I 2007 blei det utbetalt 58,8 mill. kroner som rentekompensasjon. Utan ordninga ville ein stor del av desse kontantane etter alt å dømme blitt sette inn i Noregs Bank, og dei samla kostnadene til rentekompensasjon og vanleg rentegodtgjersle er dermed lite påverka.
Boks 5.1 Problem i interbankmarknadene
Interbankmarknadene i mange land fungerte ikkje som normalt hausten 2007 og vinteren 2008. Uroa blei utløyst av uvisse om kva for bankar som kunne bli påførte tap i samband med problem i den amerikanske marknaden for bustadlån med låg kvalitet. Bankane var usikre på både eigen og andre bankar sin likviditet i framtida. Bankane ønskte derfor å innskrenke utlåna sine til andre bankar. Det gjorde at differansen mellom pengemarknadsrenter og forventa styringsrenter auka kraftig i mange land, sjå figur 5.1. Også norske bankar opplevde auka lånekostnader. Renteforskjellen fall igjen frå slutten av desember.
Sentralbankane har fleire verkemiddel ved slik uro. Eit av verkemidla er å tilføre meir kortsiktig likviditet til bankane gjennom ordinære låneordningar. Ei rekkje sentralbankar har gjort dette under uroa. Noregs Bank auka likviditetstilførselen til bankane ved å gi større lån med fast rente enn normalt. Fleire sentralbankar har i tillegg tilført likviditet med lengre løpetid, og somme har godkjent eit breiare spekter av verdipapir som pant for lån i sentralbanken.
Sentralbankar kan også yte lån på særskilde vilkår til einskilde bankar som får akutte likviditetsproblem. Den britiske sentralbanken løyvde i haust slike lån til banken Northern Rock. Noregs Bank har ikkje gitt lån på særskilde vilkår etter bankkrisa tidleg på 1990-talet.
5.1.2.6 Internasjonal rapportering og samarbeid
Noregs Bank har hatt ei omfattande rapportering av statistikk til internasjonale organisasjonar. Banken har rapportert til BIS, Eurostat, IMF og OECD.
Noregs Bank har delteke i forum der utviklinga av internasjonale statistikkstandardar og internasjonal rapportering blir drøfta. Dette skjer blant anna i EØS-komiteen Committee on Monetary, Financial and Balance of Payments Statistics og i arbeidsgrupper under denne.
Noregs Banks internasjonale rapportering og samarbeid om statistikk blei frå byrjinga av 2007 flytt til Statistisk sentralbyrå.
5.1.2.7 Kommunikasjonsverksemd
Noregs Bank har ei plikt etter sentralbanklova til å «informere offentligheten om penge-, kreditt- og valutaforholdene». I tillegg ønskjer banken gjennom ei aktiv kommunikasjonsverksemd å oppnå breiast mogleg forståing for den pengepolitikken som blir ført, for dei mekanismane som verkar til finansiell stabilitet, og for utføringa av kapitalforvaltninga.
Noregs Bank legg stor vekt på å møte aukande interesse gjennom å vere open og pårekneleg. Direkte video-overførte pressekonferansar på Internett er ei fast ordning etter rentemøta i hovudstyret og når banken legg fram dei faste rapportane om finansiell stabilitet, om pengepolitikken og om resultata til Statens pensjonsfond – Utland. Frå 2006 har ein hatt podcast av pressekonferansane, og direktesendt mobil-tv. Publikum kan no også abonnere på sms-melding om rentevedtak. Det var 16 pressekonferansar i 2007. Foredrag av leiinga i Noregs Bank er ein viktig del av kommunikasjonen med omverda. Det blei halde 48 foredrag i 2007, og 15 av desse blei offentleggjorde på Internett samtidig som dei blei haldne. Fleire av dei andre foredraga hadde innhald der mykje var likt dei som allereie var lagde ut, og på nyhendesidene til banken blei det då vist til desse.
Bruk av Internett står sentralt i informasjonsstrategien. Internettsidene er under stadig utvikling. I tillegg til nyhendemeldingar og det som er nemnt over, har sidene mellom anna fyldig informasjon om banken sine oppgåver. Ein finn òg elektroniske versjonar av publikasjonane som banken lagar. Det er dessutan noko statistikk, men frå 2007 har Statistisk sentralbyrå teke over mykje av statistikken som banken tidlegare la ut. Statistikk over bruken viser at det i gjennomsnitt var 766 000 sidevisingar pr. månad i 2007.
Ut over årsmeldinga, internettinformasjonen og rapportane som er nemnde over, gir Noregs Bank ut desse publikasjonane: Tidsskriftet Penger og Kreditt og den engelske versjonen Economic Bulletin blir utgitt kvartalsvis. Ein rapport om betalingsformidling kjem årleg. Forskingsprosjekt blir dokumenterte i arbeidsnotat (Working Papers), som kom med 15 hefte i 2007. Somme av desse blir seinare trykte som artiklar i eksterne bøker og tidsskrift. Staff Memo inneheld annan dokumentasjon eller utgreiingar som inngår i banken sitt arbeid med sentrale problemstillingar, og kom med tre utgåver som blei publiserte berre på nett. I serien Norges Banks skriftserie/Occasional Papers kom nr. 38, med tittelen Historical Monetary Statistics for Norway – Part II. I serien Doctoral Dissertations kom nr. 6, med tittelen Econometrics of exchange rate pass-through, av Ida Wolden Bache.
5.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2007
5.2.1 Innleiing
I St.meld. nr. 23 (2006–2007) Kredittmeldinga 2006, som blei lagd fram 30. mars 2007, blei det gitt ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2006. I denne meldinga ser ein på utøvinga av pengepolitikken i 2007. I punkt 5.2.2 blir det gitt ein omtale av retningslinjene for pengepolitikken. I punkt 5.2.3 følgjer ein omtale av Noregs Banks eiga vurdering av utøvinga av pengepolitikken i 2007, basert på årsmeldinga frå banken. Punkt 5.2.4 gir så ein omtale av andre analysar og vurderingar av pengepolitikken, mellom anna frå Norges Bank Watch. Departementet sine vurderingar følgjer i punkt 5.2.5.
5.2.2 Retningslinjene for pengepolitikken
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
I St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken, som blei lagd fram 29. mars 2001, trekte ein opp dei noverande retningslinjene for pengepolitikken. Retningslinjene blei fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jf. boks 5.2.
Boks 5.2 Forskrift om pengepolitikken
Fastsatt ved kronprinsregentens resolusjon 29. mars 2001 med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd og § 4 annet ledd
I
§ 1.
Pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den norske krones nasjonale og internasjonale verdi, herunder også bidra til stabile forventninger om valutakursutviklingen. Pengepolitikken skal samtidig understøtte finanspolitikken ved å bidra til å stabilisere utviklingen i produksjon og sysselsetting.
Norges Bank forestår den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
Norges Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med første ledd rettes inn mot lav og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken skal være en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 pst.
Det skal i utgangspunktet ikke tas hensyn til direkte effekter på konsumprisene som skyldes endringer i rentenivået, skatter, avgifter og særskilte, midlertidige forstyrrelser.
§ 2.
Norges Bank skal jevnlig offentliggjøre de vurderingene som ligger til grunn for den operative gjennomføringen av pengepolitikken.
§ 3.
Den norske krones internasjonale verdi fastlegges på grunnlag av kursene i valutamarkedet.
§ 4.
Norges Bank gir på statens vegne de meddelelser om kursordningen som følger av deltagelse i Det internasjonale valutafond, jf. lov om Norges Bank og pengevesenet § 25 første ledd.
II
Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig oppheves forskrift av 6. mai 1994 nr. 0331 om den norske krones kursordning.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/– eitt prosentpoeng rundt målet for prisstiginga. Noregs Banks rentesetjing skal vere framoverretta og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når Noregs Banks hovudstyre fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som blir vurderte ikkje å påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. I dei fleste situasjonane vil det vere samsvar mellom omsynet til å stabilisere prisstiginga og omsynet til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, vil skjønnsutøvinga i pengepolitikken måtte vege desse to omsyna mot kvarandre.
5.2.3 Noregs Banks vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2007
5.2.3.1 Verkemiddel og avvegingar i pengepolitikken
Det viktigaste verkemidlet i pengepolitikken er foliorenta, som er renta på bankane sine innskot over natta i Noregs Bank. Erfaringar tilseier at foliorenta, eller styringsrenta, har nokså sterkt gjennomslag på dei heilt kortsiktige pengemarknadsrentene, det vil seie dags- og vekesrentene. Marknadsrentene med lengre løpetider blir påverka av nivået på styringsrenta og av korleis marknadsaktørane ventar at styringsrenta vil utvikle seg i framtida. Forventningane til styringsrenta i marknaden er avhengig av kva aktørane trur om den økonomiske utviklinga og om sentralbanken sitt handlemønster i pengepolitikken. Marknadsrentene verkar inn på kronekursen, prisane på verdipapir, bustadprisane og etterspørselen etter lån, investeringar og forbruk. Styringsrenta frå Noregs Bank kan også påverke forventningane om framtidig inflasjon og den økonomiske utviklinga. Gjennom alle desse kanalane verkar renta på dei samla etterspørsels- og produksjonstilhøva og på prisar og lønningar.
Det operative målet for pengepolitikken er at veksten i konsumprisane over tid skal vere nær 2,5 prosent. Noregs Bank rår ikkje over verkemiddel som til kvar tid kan sikre eit bestemt nivå på inflasjonen. Noregs Bank seier mellom anna følgjande om dette i årsmeldinga for 2007:
«Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrringane som økonomien er utsett for, og korleis dei vil verke inn på utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing framover.»
Noregs Bank offentleggjer regelmessig analysar og vurderingar av utsiktene for økonomien. Tre gonger i året blir Pengepolitisk rapport publisert samstundes med renteavgjerda til Hovudstyret. Rapporten omfattar hovudstyret sine pengepolitiske vurderingar. Sidan 2005 har Noregs Bank publisert ein eigen prognose for renta. I årsmeldinga seier Noregs Bank mellom anna følgjande om banken sin renteprognose:
«Sentralbanken påverkar gjennom styringsrenta berre dei heilt korte pengemarknadsrentene direkte. Rentene som gjeld i marknaden vidare fram i tid, blir også påverka av tilhøva i marknaden og av forventningane til utviklinga i styringsrenta i framtida. Det viktigaste for aktørane sine konsum- og investeringsavgjerder er derfor forventningane dei har til den framtidige utviklinga i styringsrenta. Skal pengepolitikken vere vellukka, må han påverke desse forventningane. Når Noregs Bank offentleggjer renteprognosen sin, kan det vere lettare for aktørane i det økonomiske livet å skjøne banken sine intensjonar i rentesetjinga. Når Noregs Bank er open om avvegingane som er gjorde i pengepolitikken, gjer dette pengepolitikken lettare å føresjå og meir effektiv. Det kan verke til stabilitet i inflasjonen og i produksjon og sysselsetjing. Med prognosar grunnlagde på den utviklinga i renta som Noregs Bank meiner er mest realistisk, blir tolkinga og etterprøvinga av prognosane også lettare. Likevel kan aktørane i marknaden ha eit anna syn på utviklinga i inflasjonen og produksjonen framover og derfor på renteutviklinga.»
På kort og mellomlang sikt må ein i utøvinga av pengepolitikken avvege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. For at pengepolitikken skal vere truverdig med dei føresetnadene Noregs Bank har om den økonomiske utviklinga, må renteprognosen til banken gi ei rimeleg avveging mellom dei omsyna pengepolitikken skal ta. Når det er tillit til at Noregs Bank følgjer eit kjent og føreseieleg handlingsmønster, blir verknaden av pengepolitikken styrkt. Noregs Bank har utarbeidd eit sett med kriterium for kva banken meiner er ei god framtidig utvikling i renta. Kriteria er attgitt i dei pengepolitiske rapportane, der det heiter:
«Det operative målet for pengepolitikken er lav og stabil inflasjon med en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 prosent. Følgende hovedkriterier bør være oppfylt for prognosen for den fremtidige renteutviklingen:
1. Renten bør settes slik at inflasjonen stabiliseres nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrrelsene økonomien er utsatt for og hvordan de vil virke inn på forløpet for inflasjon og realøkonomi fremover.
2. Rentebanen bør gi en rimelig avveiing mellom forløpet for inflasjonen og forløpet for kapasitetsutnyttingen.
I avveiingen tas det hensyn til at formuespriser som eiendomspriser, aksjekurser og kronekursen også kan påvirke utsiktene for produksjon, sysselsetting og inflasjon. Under forutsetning av at kriteriene over er oppfylt, er følgende tilleggskriterier til nytte:
3. Utviklingen i renten bør gi en akseptabel utvikling i inflasjon og produksjon også med alternative, men ikke urealistiske forutsetninger om den økonomiske utviklingen og økonomiens virkemåte.
4. Renten bør normalt endres gradvis og konsistent med bankens tidligere reaksjonsmønster.
5. Som en kryssjekk for rentesettingen bør eventuelle store og systematiske avvik fra enkle pengepolitiske regler kunne forklares.»
5.2.3.2 Pengepolitikken i 2007
Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Utviklinga i inflasjonen, produksjonen og sysselsetjinga i 2007 er eit resultat både av avvegingane i pengepolitikken i dei føregåande åra og av uventa forstyrringar i økonomien.
I årsmeldinga for 2007 skriv Noregs Bank mellom anna:
«Omsynet til å hindre at inflasjonsforventningane skulle festne seg vesentleg under målet var ei viktig årsak til at styringsrenta blei sett ned til 1,75 prosent i mars 2004, då prisstiginga fall og nærma seg null samtidig som det var ledig kapasitet i norsk økonomi. Noregs Bank stilte i utsikt at renta ville halde seg låg til det var klare teikn til at prisveksten var i ferd med å ta seg opp.
Saman med sterk og langvarig vekst i verdsøkonomien og høg oljepris medverka den låge renta til god vekst i etterspørselen etter varer og tenester og i produksjonen. Det gav etter kvart utsikter til høgare inflasjon. Frå forsommaren 2005 blei pengepolitikken innretta mot at styringsrenta gradvis kunne førast opp mot eit meir normalt nivå. Ved inngangen til 2007 var styringsrenta komen opp til 3,50 prosent, og det var varsla at ho ville setjast vidare opp.»
I 2007 blei styringsrenta heva i sju steg frå 3,50 prosent til 5,25 prosent, sjå tabell 5.1.
Tabell 5.1 Rentevedtak i 2007
Rentemøte | Endring i prosenteiningar | Styringsrente etter møtet |
---|---|---|
24. januar | 0,25 | 3,75 |
15. mars | 0,25 | 4,00 |
25. april | 0,00 | 4,00 |
30. mai | 0,25 | 4,25 |
27. juni | 0,25 | 4,50 |
15. august | 0,25 | 4,75 |
26. september | 0,25 | 5,00 |
31. oktober | 0,00 | 5,00 |
12. desember | 0,25 | 5,25 |
Kjelde: Noregs Bank.
Den pengepolitiske strategien frå Inflasjonsrapport 3/06 sa at styringsrenta burde liggje i intervallet 3¼ – 4¼ prosent i perioden fram til neste rapport skulle leggjast fram i mars 2007, gitt at den økonomiske utviklinga blei om lag som venta. I rapporten blei det varsla at banken vurderte det som riktig å auke renta gradvis mot eit meir normalt nivå noko raskare enn det banken fram til då hadde sett føre seg, men neppe ved kvart rentemøte. Renta blei auka til 3,50 prosent i desember 2006. På møta i januar og mars 2007 blei renta auka to gonger til, slik at ho ved utgangen av strategiperioden var 4,00 prosent.
I Pengepolitisk rapport 1/07, som blei offentleggjord i mars, var hovudstyret sin strategi at styringsrenta burde aukast vidare og liggje i intervallet 4–5 prosent i perioden fram til juni. Det blei teke atterhald om at den økonomiske utviklinga blei om lag som venta. Renteprognosen blei justert opp med om lag ¼ prosenteiningar ved utgangen av 2007 samanlikna med prognosen i Inflasjonsrapport 3/06. Den viktigaste årsaka til at renteprognosen blei oppjustert i mars, var at veksten i norsk økonomi hadde vore uventa sterk, samstundes som det var teikn til at det høge aktivitetsnivået kunne halde seg oppe noko lengre enn det banken såg føre seg i rapporten frå november. Høgare vekst hos handelspartnarlanda våre enn det som tidlegare var lagt til grunn, trekte også renteutsiktene opp. På den andre sida trekte sterkare kronekurs rentebanen noko ned. Den underliggjande prisveksten hadde samla sett utvikla seg om lag som venta i den førre rapporten og gav ikkje eit sjølvstendig bidrag til endringa i rentebanen.
Banken heldt i Pengepolitisk rapport 1/07 fram at utviklinga i kronekursen ville verke inn på kor raskt renta kunne aukast, fordi ei vesentleg sterkare krone kunne føre til for låg inflasjon. Noregs Bank uttala i rapporten:
«[...] Men vi må også unngå at inflasjonen varig festner seg vesentlig under 2,5 prosent. Derfor vil vi være vare for virkningene på kronekursen av økte renter når prisstigningen er lav.»
Styringsrenta blei deretter halden uendra ved rentemøtet i april og auka med 0,25 prosenteiningar ved møta i mai og juni. Ved utgangen av juni var styringsrenta 4,50 prosent. Rentebanen blei igjen justert opp i Pengepolitisk rapport 2/07. Den uventa høge kapasitetsutnyttinga var ifølgje banken den viktigaste årsaka til oppjusteringa av renteutsiktene for 2007 og 2008. I tillegg hadde renteforventningane i andre land lyfta seg markert sidan den førre rapporten. Noregs Bank uttala at viss dei norske rentene blei upåverka av renteutsiktene ute, kunne det isolert sett føre til ei vesentleg svekking av kronekursen, med raskare auke i inflasjon og kapasitetsutnytting enn det banken la opp til. Prisveksten hadde utvikla seg om lag som venta og gav heller ikkje denne gongen nokon sjølvstendig grunn til endringa i rentebanen, ifølgje banken. Hovudstyret sin strategi var at styringsrenta burde liggje i intervallet 4½–5½ prosent fram til neste rapport skulle leggjast fram i oktober, gitt at den økonomiske utviklinga blei om lag som venta.
Styringsrenta blei auka med 0,25 prosenteiningar ved rentemøta i august og september og deretter halden uendra ved rentemøtet i oktober. Ved utgangen av strategiperioden var styringsrenta dermed 5,0 prosent.
Det var stor uro i dei internasjonale finansmarknadene i andre halvdel av 2007. Uroa hadde sitt utspring i lånemarknaden for bustader i USA, der misleghalda på lån til låntakarar med låg kredittverd tok til å auke (såkalla subprime-lån). Låna hadde blitt selde vidare til finansinstitusjonar og bankar også utanfor USA, og bankar over heile verda blei på denne bakgrunnen varsame med å låne kvarandre pengar fordi dei ikkje visste kven som kunne få store tap på utlåna sine. Det førte til at skilnaden mellom pengemarknadsrenter og forventa styringsrenter auka monaleg i USA og andre land, også i Noreg. Fleire sentralbankar tilførte ekstraordinær likviditet med kort løpetid til bankane. Etter at uroa blussa opp att i desember, annonserte fleire sentralbankar at dei ville tilføre rikeleg likviditet, no også med nokså lang løpetid. Også Noregs Bank har tilført ekstra mykje likviditet til bankane gjennom låneordningane sine gjennom hausten. Likviditetstilførselen frå sentralbankane førte til at situasjonen i pengemarknadene betra seg, men rentene i marknaden er likevel framleis høgare enn det som truleg vil vere normalt når tilliten er tilbake i marknaden. Uroa i finansmarknadene er omtala i kapittel 2 om finansiell stabilitet.
Fram mot offentleggjeringa av Pengepolitisk rapport 3/07 i oktober styrkte krona seg markert, truleg mellom anna som følgje av at vekstutsiktene for USA og Vest-Europa svekte seg. Marknadsaktørane venta no lågare styringsrenter i handelspartnarlanda våre og dermed ein noko høgare renteskilnad mellom Noreg og utlandet. Desse forholda kunne halde prisstiginga tilbake og drog ifølgje Noregs Bank i retning av ein lågare bane for renta samanlikna med i rapporten frå juni. I rapporten skreiv Noregs Bank dessutan følgjande:
«Uroen i finansmarkedene i høst har ført til at pengemarkedsrentene har ligget betydelig høyere enn den forventede styringrenten, og derfor vil trolig også bankenes utlånsrenter øke videre.»
På den andre sida hadde veksten i norsk økonomi vore sterkare enn venta. Kapasitetsutnyttinga blei vurdert til å vere høgare enn i den førre rapporten, noko som gav utsikter til tiltakande pris- og kostnadsvekst. Desse forholda drog i retning av ein høgare rentebane. Den underliggjande prisveksten hadde samla sett framleis vore om lag som venta, og gav, slik Noregs Bank såg det, heller ikkje no grunnlag for at renteprognosen skulle endrast. Renteprognosen blei etter ei samla vurdering justert ned med inntil 0,5 prosentpoeng samanlikna med renteprognosen i den førre rapporten.
Hovudstyret sin strategi tilsa at styringsrenta burde liggje i intervallet 4¾–5¾ prosent i perioden fram til neste rapport skulle leggjast fram i mars 2008, gitt at norsk økonomi ikkje blei utsett for uventa store forstyrringar.
Fram mot rentemøtet i desember tok den samla prisveksten seg markert opp som følgje av ein sterk auke i straumprisane. Utsiktene for verdsøkonomien hadde blitt meir usikre, og det var tiltakande uro i penge- og kredittmarknadene. Desse forholda tala for å halde styringsrenta uendra. På same tid hadde veksten i norsk økonomi også no vore sterkare enn venta. Den føregåande månaden hadde krona svekt seg noko mot dei fleste valutaer, men ho var framleis sterkare enn i første halvdel av 2007. Ei samla vurdering tilsa ifølgje Noregs Bank at det var riktig å heve renta med 0,25 prosenteiningar til 5,25 prosent i desember.
Figur 5.3 viser faktisk foliorente og intervall for foliorenta ved utgangen av kvar strategiperiode. Ein strategiperiode varer frå framlegginga av ein pengepolitisk rapport til framlegginga av den neste rapporten.
Noregs Bank skriv i årsmeldinga at ein kryssjekk for rentesetjinga kan vere å sjå på korleis styringsrenta tidlegare har reagert på utviklinga i sentrale økonomiske storleiker:
«Reaksjonsmønsteret i rentesetjinga kan tilnærmast ved ein reaksjonsfunksjon der dei historiske renteendringane blir prøvd forklarte ved endringar i makroøkonomiske storleiker. Ein slik estimert samanheng vil ikkje fange opp alle element som blir lagde vekt på. Spesielt fangar han ikkje opp særskilte vurderingar ved dei enkelte rentemøta. Ein estimert reaksjonsfunksjon for rentesetjinga vil derfor vere ei vesentleg forenkling og berre gi ein indikasjon på korleis Noregs Bank i gjennomsnitt har reagert på eit utval variablar. [...]
[...] renteutviklinga gjennom 2007 har vore i tråd med Noregs Bank sitt gjennomsnittlege mønster i rentesetjinga.»
Styringsrenta og renteutviklinga som kjem ut frå Noregs Bank sitt gjennomsnittlege mønster i rentesetjinga frå 2001 til 2007, er viste i figur 5.5.
I årsmeldinga til Noregs Bank blir rentesetjinga i 2007 også samanlikna med einskilde enkle rentereglar (Taylor-regelen 3, vekstregelen 4 og regel med utanlandsk rente 5). Slike rentereglar kan ikkje gi meir enn omtrentlege indikasjonar på om rentenivået er tilpassa den økonomiske situasjonen. Om samanlikninga seier Noregs Bank:
«Etter nokre år med nokså stor avstand mellom Noregs Bank si styringsrente og rentene rekna ut frå enkle pengepolitiske reglar, nærma dei seg kvarandre mot slutten av 2006. I starten av 2007 låg styringsrenta på nivå med dei lågaste av rentene rekna ut frå dei enkle reglane. Etter rentehevingane gjennom 2007 gjekk styringsrenta frå å vere lågare enn reglane til å vere på same nivå som den høgaste av dei [...].
Taylor-regelen tek utgangspunkt i produksjonsgapet og inflasjonen. Vekstregelen byggjer i staden på den observerte BNP-veksten og inflasjonen. I utrekninga av dei enkle reglane tek ein ikkje omsyn til utsiktene framover, men legg berre vekt på den økonomiske situasjonen i dag. Reglane har nokre avgrensingar som referanse for ein liten, open økonomi. Dei tek ikkje omsyn til at eventuelle endringar i rentenivået som vil vere i tråd med reglane, kan føre med seg endringar i valutakursen og dermed verke inn på inflasjonsutsiktene. Regelen med utanlandsk rente skal i utgangspunktet vere meir eigna for ein liten, open økonomi. Renta gitt av denne regelen har lege svært nær styringsrenta gjennom mesteparten av 2007. Mot slutten av året fall ho i takt med rentene ute.»
Styringsrenta til Noregs Bank og den renta som følgjer av dei enkle rentereglane, er viste i figur 5.6.
I årsmeldinga for 2007 skriv Noregs Bank følgjande om den normale realrenta:
«Utrekningar kan indikere at den normale realrenta for Noreg ligg mellom 2½ - 3½ prosent [...] og at ho ved utgangen av 2007 låg i den nedre delen av dette intervallet. Høgare styringsrente bidrog til at realrenta auka gjennom 2007. Målt med pengemarknadsrenta låg realrenta ved utgangen av 2007 i overkant av det vi ser som eit normalt nivå.»
5.2.3.3 Utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing og inflasjonsforventningar
Konsumprisane (KPI) auka i gjennomsnitt med 0,8 prosent frå 2006 til 2007. Tolvmånadersveksten varierte mellom –0,3 prosent (september) og 2,8 prosent (desember). Utviklinga i straumprisane drog åleine veksten i KPI ned med nær 1 prosenteining frå 2006 til 2007. Auken i tolvmånadersveksten i KPI mot slutten av 2007 må særleg sjåast i samanheng med utviklinga i prisane på straum og drivstoff.
Prisveksten justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE), som er eitt av dei prismåla Noregs Bank bruker for å måle den underliggjande inflasjonen, var 1,4 prosent i 2007. Veksten i KPI-JAE var låg frå starten av, men tok seg opp nokså tidleg på året til eit nivå rundt 1,5 prosent. I desember 2007 var tolvmånadersveksten komen opp i 1,8 prosent, og i dei første månadene i 2008 har tolvmånadersveksten auka ytterlegare.
I dei pengepolitiske rapportane gir Noregs Bank prognosar for utviklinga i KPI og KPI-JAE. Noregs Bank legg samstundes vekt på at utviklinga i KPI-JAE ikkje er ein fullgod indikator for underliggjande inflasjon, ettersom han i tillegg til å sjå bort frå mellombels verknader av endringar i avgifter og energiprisar også kan oversjå trendmessige endringar i desse storleikane. Som følgje av at energiprisane har auka meir enn andre forbruksprisar og avgiftsnivået er blitt noko høgare, har KPI-JAE ifølgje Noregs Bank undervurdert den underliggjande inflasjonen dei siste ti åra. For å gi eit betre bilete av den underliggjande inflasjonen opplyser Noregs Bank på denne bakgrunnen også om utviklinga i andre mål enn KPI-JAE, både eit trimma gjennomsnitt og ein vekta median av veksten i dei ulike komponentane som inngår i KPI.
I årsmeldinga for 2007 skriv Noregs Banks følgjande om utviklinga i den underliggjande inflasjonen i 2007:
«Mens ulike mål på den underliggjande inflasjonen i første halvår 2007 låg mellom 1 og 1½ prosent, viste dei same måla ei prisstigning mellom 1½ og 2 prosent i andre halvår. Veksten i konsumprisane tok seg som venta opp mot slutten av 2007, og den underliggjande inflasjonen ved utgangen av året blei vurdert å vere i eit intervall frå 1¾ til 2½ prosent. Målet for pengepolitikken er ein vekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent.»
Figur 5.8 syner utviklinga i veksten i konsumprisane dei siste åra.
I inflasjonsrapporten i november 2006 rekna Noregs Bank at veksten i både KPI og KPI-JAE ville vere 1¼ prosent i 2007. I dei pengepolitiske rapportane frå mars, juni og oktober 2007 blei veksten i KPI rekna til ¾ prosent som gjennomsnitt over året, medan veksten i KPI-JAE blei rekna til 1½ prosent.
I årsmeldinga for 2007 skriv Noregs Bank at banken tek sikte på at veksten i konsumprisindeksen (KPI) over tid skal vere nær 2,5 prosent. For si eiga vurdering av måloppnåinga i pengepolitikken ser Noregs Bank mellom anna på ti års glidande gjennomsnitt for årsveksten i konsumprisindeksen. Noregs Bank skriv mellom anna at:
«Inflasjonen stabiliserte seg tidleg på 1990-talet etter å ha kome ned frå eit høgt nivå i tiåret før. I tiårsperioden 1998–2007 var den gjennomsnittlege inflasjonen målt ved konsumprisindeksen 1,9 prosent.
[...]
Sett over tid har inflasjonen vore låg og stabil og halde seg ganske nær 2,5 prosent. Avviket kjem truleg av at økonomien dei siste åra har blitt råka av ei rekkje gunstige forstyrringar på produksjonssida, mellom anna sterk vekst i produktiviteten, god tilgang på arbeidskraft frå andre land og lågare prisvekst på importvarer. Det blir spegla i at veksten i norsk økonomi har vore sterk, samtidig som inflasjonen lenge var lågare enn venta.»
Norsk økonomi har vakse sterkt i nærare fem år. I 2007 var BNP-veksten i fastlandsøkonomien heile 6 prosent, ifølgje førebels tal frå nasjonalrekneskapen. Veksten var den høgaste sidan 1971. Sysselsetjinga har auka sterkt dei siste åra, og arbeidsløysa har falle til eit lågt nivå. Den økonomiske veksten blei av Noregs Bank vurdert til å vere vesentleg høgare enn veksten i produksjonspotensialet gjennom 2007, og produksjonsgapet i 2007 blei derfor justert opp frå 2¼ prosent i Inflasjonsrapport 3/06 til 2¾ prosent i Pengepolitisk rapport 3/07. Produksjonsgapet er eit uttrykk for Noregs Bank si vurdering av den samla kapasitetsutnyttinga i økonomien jamført med eit normalnivå. Figur 5.10 viser Noregs Bank si utrekning av utviklinga i produksjonsgapet og variasjonen i dette frå 1980 til 2007. Variasjonen i gapet er illustrert med bandet rundt produksjonsgapet. I tiårsperioden 1998–2007 har produksjonsgapet vore positivt i alle år, bortsett frå 2003 og 2004.
Det er stor uvisse kring utrekninga av produksjonsgapet. Det er derfor naudsynt også å nytte andre indikatorar når ein skal vurdere kapasitetsutnyttinga i økonomien. I Inflasjonsrapport 3/2006 skriv Noregs Bank mellom anna følgjande:
«Produksjonsgapet er ikke observertbart og må anslås. Det er stor grad av usikkerhet i anslagene, ikke bare for framtidig produksjonsgap, men også for produksjonsgapet i dag.
Ulike beregningsmetoder kan gi ulike anslag på produksjonsgapet (...). Hver metode har sine styrker og svakheter, og det er ikke opplagt hvilken av metodene som gir det beste uttrykket for ressursknappheten.
I tillegg til metodeusikkerhet, er anslag på produksjonsgapet usikkert på grunn av usikre data. Nasjonalregnskapstall blir revidert, ofte betydelig, og av og til etter flere år. Normalt publiseres tallene for første gang etter to til tre måneder. Usikkerheten kan reduseres ved å ta hensyn til utviklingen i andre data og indikatorer som er høyt korrelert med konjunkturutviklingen, og som ikke blir revidert mye i ettertid. Eksempler på slik informasjon er Norges Banks regionale nettverk, SSBs konjunkturbarometer, tall fra arbeidsmarkedet og pris- og lønnsutviklingen.»
Dersom aktørane i økonomien har tillit til at sentralbanken vil nå inflasjonsmålet, vil dei vente at inflasjonen på lengre sikt blir lik målet. I årsmeldinga for 2007 skriv Noregs Bank følgjande om inflasjonsforventningane:
«Tillit til at inflasjonsmålet blir nådd er ein føresetnad for at pengepolitikken også kan medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Erfaringar syner at forventningane om framtidig inflasjon kan halde seg stabile sjølv om prisstiginga svingar ein del, så lenge renta blir brukt aktivt for å dempe utslaga og pengepolitikken blir retta inn mot at inflasjonsmålet blir nådd over tid. Inflasjonen vil ikkje vere lik inflasjonsmålet til ei kvar tid, men med tillit til pengepolitikken vil forventa prisvekst på lang sikt vere nær inflasjonsmålet. Det er i seg sjølv med på å stabilisere inflasjonen.
På oppdrag frå Noregs Bank gjennomfører TNS Gallup kvartalsvise spørjeundersøkingar om forventa inflasjon. Spørjeundersøkinga frå fjerde kvartal 2007 tyder på stabile prisforventningar. To år fram i tid ventar økonomar i finansnæringa og akademia ein årleg prisvekst på 2,5 prosent. Det gjer også organisasjonane i arbeidslivet. Om fem år ventar økonomane ein prisvekst på 2,5 prosent, mens organisasjonane i arbeidslivet ventar ein prisvekst på 2,7 prosent.»
Figur 5.11 syner utviklinga i forventa prisvekst om fem år.
Tal frå Consensus Forecast, som samanstiller langsiktige prognosar for konsumprisveksten i Noreg to gonger i året (april og oktober), viser at ulike institusjonar har nokså like inflasjonsforventningar. Både på fem og ti års sikt er konsumprisveksten forventa å vere om lag 2,5 prosent.
Ein kan også få informasjon om aktørane sine prisforventningar frå avkastningskurva og langsiktige terminrenter i rentemarknaden. På grunn av høgare inflasjonsmål i Noreg enn i euroområdet bør differansen mellom langsiktige terminrenter i Noreg og i euroområdet ifølgje Noregs Bank normalt liggje i området ½–1 prosenteining, avhengig av storleiken på risikopremiar i rentemarknaden. I 2007 har differansen mellom dei langsiktige terminrentene i Noreg og euroområdet vore innanfor dette området.
I årsmeldinga skriv Noregs Bank at indikatorane samla tyder på at det er tillit til inflasjonsmålet.
5.2.4 Vurderingar frå andre
Sidan Kredittmeldinga 2006 blei lagd fram i mars 2007, har det kome fleire nye rapportar som omtalar pengepolitikken:
Norges Bank Watch 2008, som blei offentleggjord 19. februar 2008. Denne rapporten er utarbeidd av ei ekspertgruppe som er oppnemnd av Centre for Monetary Economics (CME), som er tilknytt Handelshøyskolen BI.
IMFs siste rapport om Noreg. I denne rapporten blir heile den økonomiske politikken drøfta, men det er lagt særskild vekt på pengepolitikken ut frå IMF si spesielle rolle på dette området.
Kredittilsynet sin tilstandsrapport for finansmarknaden i 2007, som blei lagd fram 28. februar i år. Rapporten omtalar pengepolitikken si rolle i vurderingane av utsiktene for finansiell stabilitet.
Økonomisk utsyn over 2007 frå Statistisk sentralbyrå, som blei offentleggjord 21. februar i år.
Centre for Monetary Economics ved Handelshøyskolen BI har for niande gong invitert ei gruppe økonomar til å lage ein Norges Bank Watch-rapport. Formålet med rapporten er å evaluere utøvinga av pengepolitikken i Noreg. Når det gjeld utøvinga av pengepolitikken i 2007, konkluderer Norges Bank Watch 2008 -rapporten slik:
«Norges Bank’s monetary policy last year was generally uncontroversial. The bank acted in accordance with its strategy and reacted in accordance with the indications given in the MPRs when developments deviated from forecasts. This does not preclude that Norges Bank may have misjudged capacity utilisation and the inflationary pressure in the economy. When capacity utilisation is high, even a small underestimation of it may result in significantly higher inflation later on than expected, indicating that rates should have been higher. The inflationary effect of pressure on the capacity limits is a lagging indicator. It is therefore too early to tell whether the uncertainty about the output gap last year has resulted in policy mistakes.»
Norges Bank Watch peikar på at Noregs Bank ikkje trefte godt på framskrivingane sine om mellom anna veksten i fastlandsøkonomien og potensiell vekst i 2007, noko som gjaldt for nesten alle prognosemakarar. Samstundes ser Norges Bank Watch 2008 positivt på at Noregs Bank raskt justerte si oppfatning av den økonomiske utviklinga etter kvart som ny informasjon indikerte høgare vekst i økonomien.
Rapporten inneheld mellom anna følgjande råd til Noregs Bank:
Noregs Bank bør gjere klart korleis det blir teke omsyn til andre formuesprisar enn kronekursen i rentesetjinga,
Noregs Bank bør prioritere arbeidet med å identifisere utviklinga i den nøytrale realrenta i Noreg,
Noregs Bank bør vurdere å publisere justerte renteprognosar i samband med dei rentemøta då banken ikkje legg fram ny pengepolitisk rapport,
Noregs Bank bør vurdere korleis det er mest formålstenleg å kommunisere statistisk uvisse i overslaga for makroøkonomiske storleiker.
Vidare er rapporten noko skeptisk til at Noregs Bank legg så vidt stor vekt på produksjonsgapet i vurderingane sine og i kommunikasjonen av pengepolitikken. Rapporten peikar på at produksjonsgapet er ein ikkje-observerbar storleik som blir påverka ved strukturelle sjokk, som til dømes auka arbeidsinnvandring eller meir konkurranse i produktmarknadene.
Norges Bank Watch 2008 argumenterer dessutan for at Statistisk sentralbyrå bør utvide sin produksjon av statistikk for mellom anna arbeidsmarknaden og utviklinga i lønner og produktivitet, for å betre grunnlaget for pengepolitiske vedtak. Gruppa skriv også at Statistisk sentralbyrå jamleg bør publisere utviklinga i alle dei indikatorane for underliggjande inflasjon som Noregs Bank nyttar.
Norges Bank Watch-gruppa peikar vidare på at sidan pengepolitikken påverkar økonomien med eit tidsetterslep, er det særs viktig å lage gode prognosar for den framtidige økonomiske utviklinga. Gruppa meiner Noregs Bank bør leggje vekt på å utvikle endå betre prognosemodellar som er funderte på empiriske kriterium, og at det er viktig at Noregs Bank sin kjernemodell blir utvikla for eksplisitt å ta omsyn til korleis store fagforeiningar påverkar lønnsutviklinga.
I den siste rapporten om Noreg, som blei offentleggjord våren 2007, skriv IMF følgjande om utviklinga i pengepolitikken dei siste åra:
«Monetary policy has since 2001 been governed by a target of 2½ percent consumer price inflation and a flexible exchange rate. This framework has been strengthened by fostering transparency (annual testimony by the Norges Bank (NB) governor to parliament, annual external policy evaluation, and thrice-yearly policy reports), improved governance (a revamped executive board), and a well articulated policy framework (comprehensive press releases following interest-setting meetings and explicit forecasts, including of interest rates).»
IMF argumenterer for at inflasjonsstyringsregimet synest å ha fått monaleg truverd:
«Surveys suggest that medium-term inflation expectations remain anchored at 2.5 percent, and the social partners seem well aware that excessive wage increases would trigger monetary tightening. However, some interlocutors in the private sector argued that policy should emphasize exchange rate stability more, which in some circumstances could conflict with inflation targeting. NB has always been clear that it considers exchange rate developments only insofar as they affect inflation, and the mission emphasized that policy should strive to meet the inflation target even if this meant some short-term appreciation of the krone. Staff argued for continued efforts to explain inflation targeting, including the monetary policy transmission mechanism.»
Kvart år gir Kredittilsynet ut ein tilstandsrapport for finansmarknaden. I tilstandsrapporten for 2007, som blei lagd fram 28. februar 2008, gjer ein ei vurdering av utsiktene for finansiell stabilitet. Kredittilsynet skriv mellom anna følgjande i rapporten:
«Situasjonen i det finansielle systemet har fått stadig større betydning for den realøkonomiske utviklingen. Blant annet illustreres dette ved at utviklingen i boligmarkeder, kredittmarkeder og husholdningsgjeld er blitt en viktigere risikofaktor i den økonomiske politikken i mange land. Overføringsmekanismene fra pengepolitikk til realøkonomi er trolig mer sammensatte enn tidligere. I mange land diskuteres det hvordan og i hvilken grad myndighetene skal ta hensyn til utviklingen i aksje-, kreditt- og eiendomsmarkeder i utøvelsen av pengepolitikk, i tillegg til inflasjonsmål som er stilt opp.»
«[...] Til tross for at Norges Bank har hevet styringsrenten med 3,25 prosentpoeng de siste to årene, er kredittveksten fortsatt høy, og økonomien viser tegn til overoppheting. De fleste prognosene peker likevel mot at høykonjunkturen etterfølges av en myk landing på mellomlang sikt.»
Ein nærare omtale av utsiktene for finansiell stabilitet er gitt i kapittel 2.
Statistisk sentralbyrå peikar i Økonomisk utsyn over året 2007 på at norsk økonomi har vore inne i ein sterk konjunkturoppgang sidan 2003. I Utsynet står det mellom anna følgjande om konjunktursituasjonen og den økonomiske politikken:
«Tatt i betraktning den sterke veksten i økonomien de senere årene, er den lave inflasjonen bemerkelsesverdig. Det er nærliggende å vise til gunstige tilbudssideforhold og lav importert inflasjon som hovedforklaringer på dette.
Med full kapasitetsutnyttelse i økonomien er det rimelig å regne med at veksttakten i fastlandsøkonomien må bli lavere framover enn den vi har opplevd i de foregående årene. Med økt integrasjon i Europa og høy arbeidskraftsmobilitet, er det imidlertid ikke lett å angi hvor kapasitetsgrensen i norsk økonomi går. Flere forhold på etterspørselssiden tilsier også at vekstutsiktene er svake. Den sterke veksten vi har observert i husholdningenes etterspørsel vil neppe fortsette med samme styrke i årene framover. Det skyldes blant annet at spareraten i husholdningssektoren nå er lav og at det derfor vil skje en korreksjon i pengebruken når vekstutsiktene snur. For det andre er pengepolitikken blitt mer kontraktiv ved at Norges Bank har økt styringsrentene gjennom de to siste årene. [...] En styrking av kronekursen vil dempe økningen i inflasjonen og samtidig være med på å redusere presset i arbeidsmarkedet. Dette vil etter hvert slå ut i lavere lønnsvekst som også vil dempe inflasjonen.
En periode med svakere vekst i norsk økonomi vil ikke være et stort problem for den økonomiske politikken. På sett og vis ville det motsatte, en fortsatt sterk vekst og en ytterligere forsterking av høykonjunkturen i norsk økonomi, representere en større utfordring. På kort sikt er Norges Banks dilemma en avveining mellom en for sterk krone og ønsket om å unngå for høy inflasjon. [...] Deler av den økte inflasjonen som nå er registrert, og som vil forsterke seg i 2008, skyldes imidlertid tilbudssideforhold og midlertidige forstyrrelser som sentralbanken skal legge mindre vekt på i sin rentesetting.»
5.2.5 Departementet sine vurderingar
Forskrifta for pengepolitikken, som blei fastsett 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om retningslinjene for pengepolitikken. Det synest å vere tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Departementet meiner at dei gjeldande retningslinjene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Banks utøving av pengepolitikken. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. Innanfor forskrifta skal Noregs Bank utøve eit sakleg avgrensa skjønn. Ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank er etter departementet si meining formålstenleg.
Forskrifta seier at pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal samstundes støtte finanspolitikken ved å medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og til stabile forventningar om valutkursutviklinga.
Pengepolitikken skal rettast inn mot å nå låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. I årsmeldinga for 2007 skriv Noregs Bank mellom anna følgjande om fleksibel inflasjonsstyring:
«Pengepolitikken i Noreg er retta inn mot låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. I utgangspunktet skal ein ikkje ta omsyn til direkte effektar på konsumprisane som kjem av endringar i rentenivået, skattar, avgifter og særskilde, forbigåande forstyrringar. Det operative målet gir aktørane i økonomien eit ankerfeste for forventningar om framtidig inflasjon. Når det er tillit til inflasjonsmålet, kan pengepolitikken også verke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing.
Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at både variasjon i inflasjon og variasjon i produksjon og sysselsetjing blir lagde vekt på når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer ei bru mellom pengepolitikken si langsiktige oppgåve, som er å halde inflasjonen låg og stabil og forankre inflasjonsforventningane, og det meir kortsiktige omsynet til å jamne ut utviklinga i produksjonen.»
Budsjettpolitikken og pengepolitikken må saman medverke til ei stabil utvikling i produksjon og etterspørsel. Retningslinjene for den økonomiske politikken inneber at pengepolitikken har fått ei klar rolle i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien blir endra.
Noregs Bank si styringsrente (foliorenta) blei i 2007 auka med til saman 1,75 prosentpoeng, til 5,25 prosent. I Pengepolitisk rapport 1/08 anslår Noregs Bank at foliorenta kjem til å vere mellom 5,5 og 5,75 prosent i 4. kvartal 2008 og om lag 5 prosent i 4. kvartal 2009.
Gjennom 2007 auka også fleire sentralbankar i andre land rentene sine, mellom anna i Sverige, euroområdet, Storbritannia og Australia. Styringsrenta i Storbritannia blei likevel sett ned mot slutten av året. I USA blei styringsrenta gjennom 2007 redusert frå 5,25 prosent til 4,25 prosent, og i år er ho sett vidare ned til 2,25 prosent, etter svakare vekstutsikter i lys av uroa i finansmarknadene.
Prisveksten var moderat i fjor. I gjennomsnitt auka konsumprisane (KPI) med 0,8 prosent i 2007, medan veksten i konsumprisane justert for avgiftsendringar og rekna utanom energivarer (KPI-JAE) var 1,4 prosent. Den låge årsveksten i KPI kom i hovudsak av prisfall på elektrisitet, klede, teletenester og audiovisuelt utstyr. Utviklinga i KPI varierer mykje frå år til år, mellom anna som følgje av store variasjonar i elektrisitetsprisane. Til dømes var veksten i KPI 2,3 prosent i 2006, og i Pengepolitisk rapport 1/08 reknar Noregs Bank ei samla prisstiging på 3 prosent i år. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE tiltok i fjor frå 1,0 prosent i januar til 1,9 prosent i desember.
Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal vere framoverretta. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær 2,5 prosent på mellomlang sikt. I utøvinga av pengepolitikken i 2007 har Noregs Banks hovudstyre på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon opp mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.
Den underliggjande prisstiginga var låg i fjor, og lågare enn inflasjonsmålet. Dette var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling, men mellom anna eit resultat av ein periode med lågare prisar på importerte forbruksvarer og auka konkurranse i ein del produktmarknader. Ei slik utvikling medverkar isolert sett til vekst i realinntektene i Noreg og auka velferd. I hovudsak kan dette førast tilbake til endringar av strukturell karakter. Ein må ta høgd for dette i vurderingane av korleis pengepolitikken er innretta. Den underliggjande inflasjonen har vore svakt tiltakande sidan hausten 2006, og er no nær inflasjonsmålet.
Pengepolitikken skal medverke til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Dei betydelege rentekutta frå desember 2002 til mars 2004 har medverka til høg vekst i norsk økonomi dei siste åra. God forteneste og høg kapasitetsutnytting har ført til sterk vekst i investeringane til fastlandsføretaka. Saman med ein kraftig auke i oljeinvesteringane har dette trekt den innanlandske etterspurnaden opp. Dessutan har hushalda sitt konsum auka monaleg, og etterspurnaden frå utlandet har vore høg. Sysselsetjinga har auka raskt, og arbeidsløysa har kome ned på eit historisk lågt nivå.
Det er grunn til å vente at aktiviteten i norsk økonomi vil vere høg også i 2008, men veksten ligg an til å bli noko lågare enn dei føregåande åra. I Noregs Banks Pengepolitisk rapport 1/08 er kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi venta å halde seg høg gjennom inneverande år. Produksjonsgapet er anslått til 2½ prosent i 2008, men fell deretter gradvis i åra framover, ifølgje Noregs Banks prognosar. Biletet er godt i samsvar med overslaga til Statistisk sentralbyrå frå Økonomiske analyser 1/2008. Også andre prognosemakarar, som til dømes OECD og Consensus Forecast, har om lag den same vurderinga av utviklinga i norsk økonomi framover.
Noregs Banks rentesetjing kan også ha innverknad på det finansielle systemet. Den låge renta dei siste åra medverka truleg til den kraftige oppgangen i bustadprisane fram til sommaren 2007 og til at hushalda si gjeld har vakse klart sterkare enn inntekta. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og låntakarars evne til å betale gjelda er med i grunnlaget for rentesetjinga, slik det mellom anna kjem til uttrykk i kriteria som Noregs Bank nyttar for å vurdere om den framtidige utviklinga i renta er god, jf. avsnitt 5.2.3.
Det er viktig for hushalda og andre aktørar i økonomien at kommunikasjonen frå Noregs Bank si side om vurderingane som ligg til grunn for renteavgjerdene og om den framtidige renteutviklinga, er klår, slik at ein kan tilpasse seg dette på ein høveleg måte. Praksisen Noregs Bank har følgt sidan Inflasjonsrapport 3/05, med å gjere offentleg sin eigen renteprognose, bidreg positivt i denne samanhengen.
Forventningane til framtidig inflasjon nokre år fram i tid ser ut til å vere godt forankra i inflasjonsmålet, trass i at det er forventa at den faktiske prisstiginga kjem til å liggje under 2,5 prosent dei næraste åra. Etter departementet si oppfatning tyder inflasjonsforventningane på at det er brei tillit til at pengepolitikken over tid vil gi ei prisstiging i samsvar med inflasjonsmålet, jf. avsnitt 5.2.3.
Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverke til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. I samsvar med dette er det ikkje fastsett noko bestemt mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel vesentleg innverknad på rentesetjinga fordi ho påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten, open økonomi som Noreg. I store delar av 2007 nytta Noregs Bank følgjande formulering i pressemeldingane om renteavgjerdene:
«Når vi har et inflasjonsmål, følger det at vi vil være vare for virkningene på kronekursen av økte renter når prisstigningen er lav.»
Uvisse om innrettinga av pengepolitikken kan gi seg utslag i krona. Gjennom 2007 har Noregs Bank tydeleg kommunisert intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken. Utslaga i rente- og valutamarknadene har gjennomgåande vore relativt små i samband med rentemøta, og slike utslag er reduserte dei siste åra. Publiseringa av banken sine eigne overslag for renta framover medverkar etter departementet sitt syn til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga.
Vi har bak oss den sterkaste veksten i nokon fireårsperiode på 40 år. Ifølgje den førebels nasjonalrekneskapen for 2007 blei veksten på heile 6 pst. i fjor. Få prognosemiljø, og heller ikkje Noregs Bank eller Finansdepartementet, såg for seg at veksten skulle bli så høg på førehand. Auken i forbruk og investeringar frå hushald og føretak var sterkare enn det ein såg føre seg, samstundes som arbeidsinnvandring og auka yrkesdeltaking i Noreg bidrog positivt til kapasiteten i økonomien. Departementet deler Norges Bank Watch sitt syn om at Noregs Bank raskt har justert si oppfatning av den økonomiske utviklinga etter kvart som ny informasjon indikerte høgare vekst i økonomien.
Den underliggjande prisstiginga i 2007 var låg, og lågare enn inflasjonsmålet. Den låge inflasjonen var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling, men i særleg grad eit resultat av prisfall på importerte forbruksvarer og auka konkurranse i ein del produktmarknader. Den underliggjande inflasjonen har vore svakt tiltakande sidan hausten 2006. Det synest generelt å vere tillit til inflasjonsmålet. Noregs Bank har anslått at den underliggjande prisstiginga vil vere nær 2,5 prosent både i 2008 og dei neste åra. I utøvinga av pengepolitikken i 2007 har Noregs Banks hovudstyre på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon opp mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Noregs Bank auka gjennom året styringsrenta med til saman 1,75 prosentpoeng, til 5,25 prosent. Noregs Bank har anslått at renta framover vil bli sett opp til mellom 5,5 og 5,75 prosent i 4. kvartal 2008 og deretter ned til om lag 5 prosent i 4. kvartal 2009. Etter ei samla vurdering finn ikkje departementet grunnlag for vesentlege merknader til Noregs Banks skjønnsutøving i rentesetjinga i 2007.
5.3 Rekneskap og budsjett for 2007
Sentralbankrevisjonen er Noregs Banks lovbestemte revisjon etter sentralbanklova, organisert under Noregs Banks representantskap. Revisjonen gir ei revisjonsmelding til representantskapet om bankens årsrekneskap. Representantskapet har frå 2007 inngått ein avtale med revisjonsselskapet Deloitte AS om eit samarbeid med sentralbankrevisjonen om den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga. Revisjonsselskapet gir, saman med sentralbankrevisjonen, ei separat fråsegn til representantskapet om årsrekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland. I tillegg gir sentralbankrevisjonen, i samsvar med forvaltningsavtala, stadfestingar til Finansdepartementet om bankens kvartals- og årsrapportar om forvaltninga av fondet.
5.3.1 Balansen 31. desember 2007
Tabell 5.2 og 5.3 viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 2007, samanlikna med tilsvarande tal for 2006.
Tabell 5.2 Eigedelane til Noregs Bank 31. desember 2007 i millionar kroner
Eigedelar | 2007 | 2006 |
---|---|---|
Utanlandske finansielle eigedelar : | ||
Verdipapir og innskot | 250 193 | 259 093 |
Utlån | 77 194 | 90 712 |
Fordringar på Det internasjonale valutafondet | 3 099 | 4 132 |
Sum internasjonale reservar | 330 486 | 353 937 |
Andre utanlandske fordringar | 154 | 146 |
Sum utanlandske fin. eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond – Utland | 330 640 | 354 083 |
Innanlandske finansielle og andre eigedelar : | ||
Utlån bankar o.a. | 75 627 | 55 647 |
Andre innanlandske fordringar | 1 834 | 2 937 |
Varige driftsmidlar | 1 444 | 1 379 |
Gullsamling | 291 | 291 |
Sum innanlandske finansielle og andre eigedelar | 79 196 | 60 254 |
Sum eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond – Utland | 409 836 | 414 337 |
Plasseringar for Statens pensjonsfond – Utland | 2 016 955 | 1 782 139 |
Sum eigedelar | 2 426 791 | 2 196 476 |
5.3.1.1 Noregs Banks aktiva
Brutto internasjonale reservar utgjer 330,5 milliardar kroner og inneheld mellom anna obligasjonar med gjenkjøpsavtalar. Gjenkjøpsavtalane må sjåast i samanheng med innlån frå utlandet, som medrekna pådregne renter utgjer 85,2 milliardar kroner. Netto internasjonale reservar utgjer 245,3 milliardar kroner.
Amerikanske dollar utgjorde 34,3 prosent og euro 40,5 prosent av valutareservane ved utgangen av 2007, mot respektive 32,1 prosent og 40,4 prosent året før.
Eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjorde 1,4 milliardar kroner pr. 31. desember 2007.
Tabell 5.3 Noregs Banks gjeld og eigenkapital 31. desember 2007. Millionar kroner
Gjeld og eigenkapital | 2007 | 2006 |
---|---|---|
Utanlandsk gjeld : | ||
Innskot | 85 | 87 |
Innlån | 85 201 | 99 348 |
Anna gjeld | 3 750 | 402 |
Motverdien av tildelte spesielle trekkrettar | 1 442 | 1 575 |
Sum utanlandsk gjeld | 90 478 | 101 412 |
Innanlandsk gjeld : | ||
Setlar og mynt i omløp | 55 685 | 54 838 |
Innskot frå statskassa | 148 494 | 159 679 |
Innskot bankar o.a. | 53 517 | 24 030 |
Anna gjeld | 5 114 | 254 |
Sum innanlandsk gjeld | 262 810 | 238 801 |
Sum gjeld ekskl. Statens pensjonsfond – Utland | 353 288 | 340 213 |
Innskot Statens pensjonsfond – Utlands kronekonto | 2 016 955 | 1 782 139 |
Sum gjeld | 2 370 243 | 2 122 352 |
Eigenkapital: | ||
Kursreguleringsfond | 55 488 | 73 027 |
Annan eigenkapital | 1 060 | 1 097 |
Sum eigenkapital | 56 488 | 74 124 |
Sum gjeld og eigenkapital | 2 426 791 | 2 196 476 |
5.3.1.2 Noregs Banks passiva
Setlar og mynt i omløp auka i 2007 med 0,9 milliardar kroner til 55,7 milliardar kroner. Innskot frå statskassa er redusert i 2007 med 11,2 milliardar kroner til 148,5 milliardar kroner. Eigenkapitalen er redusert med 17,6 milliardar kroner til 56,5 milliardar kroner.
Etter resultatdisponeringa for 2007 utgjer kursreguleringsfondet 55,5 milliardar kroner.
Statens pensjonsfond – Utland er plassert som kroneinnskot på særskild konto i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane særskilt i bankens namn i aktiva som er denominerte i utanlandsk valuta. Forvaltninga i 2007 har vore i samsvar med forskrift for forvaltning av Statens petroleumsfond, fastsett med heimel i «lov av 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond» § 7. Fondet utgjorde 2 017 milliardar kroner pr. 31. desember 2007.
5.3.2 Resultatrekneskapen for 2007
Noregs Bank hadde i 2007 eit underskot etter kursreguleringar på 17,6 milliardar kroner, mot eit overskot på 5,5 milliardar kroner året før. Hovudårsaka til dette er styrking av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane. I alt utgjer dette eit kurstap i 2007 på 26,9 milliardar kroner, mot eit kurstap i 2006 på 5,0 milliardar kroner.
Avkastninga på dei internasjonale reservane er negativ med 15,1 milliardar kroner i 2007, mot eit positivt resultat på 14,6 milliardar kroner i 2006.
Netto driftskostnader for Noregs Bank var i 2007 på 883 millionar kroner, mot 605 millionar kroner i 2006. Auken kjem blant anna av høgare pensjons- og omstillingskostnader, i tillegg til at det i 2006 blei ført ei inntekt på 128 millionar kroner frå setlar og mynt som blei gjorde ugyldige.
5.3.2.1 Disponering av resultatet i 2007
Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks resultat blei fastsette i kgl.res. 7. februar 1986. Retningslinjene er endra fleire gonger, seinast ved kgl.res. 6. desember 2002, og har følgjande ordlyd:
«Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 5 prosent av bankens fordringer i norske verdipapirer og 40 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, andre fordringer på/forpliktelser overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko.
Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje der avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap. Det samme gjelder for porteføljen til Statens petroleumsfond. Dersom kursreguleringsfondet er større enn det som følger av forholdstallene nevnt i pkt. 1, første avsnitt, skal det overskytende tilbakeføres til resultatregnskapet.
Dersom kursreguleringsfondet faller under 25 prosent av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen og de midler som forvaltes for Statens petroleumsfond, og andre fordringer/forpliktelser overfor utlandet ved utgangen av året, skal det tilbakeføres tilgjengelige midler fra overføringsfondet til Norges Banks regnskap inntil kursreguleringsfondet når full størrelse i henhold til punkt 1.
Eventuelt overskudd etter avsetning til, eller tilførsel fra kursreguleringsfondet, avsettes til overføringsfondet.
Eventuelle underskudd i Norges Banks regnskap etter disposisjoner nevnt under punkt 2 dekkes ved overføringer fra kursreguleringsfondet.
Fra overføringsfondet overføres ved hvert årsoppgjør til statskassen et beløp svarende til en tredjedel av innestående midler i overføringsfondet.»
Tabell 5.4 Noregs Banks resultatrekneskap for 2006 og 2007
Resultatrekneskap | 2007 | 2006 |
---|---|---|
Renteinntekter og utbytte | 15 506 | 13 025 |
Verdiendring finansielle instrument | -3 692 | 6 604 |
Kursreguleringar på valuta | -26 935 | -4 985 |
Resultat internasjonale reservar | -15 121 | 14 644 |
Utbytte aksjar i BIS | 19 | 19 |
Resultat andre utanlandske finansielle instrument | 3877 | -4 187 |
Resultat innanlandske finansielle instrument | -233 | - 286 |
Rentekostnader innanlandske innskot | -5 235 | -4 083 |
Resultat anna finansiell verksemd | -1 572 | -8 537 |
Sum resultat finansiell verksemd | -16 693 | 6 107 |
Resultat plasseringar for Statens pensjonsfond – Utland | -78581 | 96 236 |
Tilført Statens pensjonsfond – Utlands innskotskonto | 78 581 | -96 236 |
Driftsinntekter | 1 887 | 1 750 |
Driftskostnader | -2 770 | -2 355 |
Netto driftskostnader | -883 | -605 |
Årsresultat | -17 576 | 5 502 |
Overført frå kursreguleringsfondet | 17 539 | 0 |
Overført frå annan eigenkapital | 37 | 37 |
Til disposisjon | 0 | 5 539 |
Avsett til kursreguleringsfond | 0 | -5 539 |
Avsett til overføringsfond | 0 | 0 |
Avsett til annan eigenkapital | 0 | 0 |
Sum disponeringar | 0 | -5 539 |
I samsvar med fjerde punkt blir underskotet etter andre disponeringar, 17 538,6 millionar kroner, dekt frå kursreguleringsfondet. Dersom kursreguleringsfondet skulle ha spegla forholdstala i første punkt i forskrifta, skulle det ha utgjort 96,3 milliardar kroner. Det var ikkje midlar i overføringsfondet, og det blei derfor ikkje overført noko til statskassa.
5.4 Høyring av endringar i sentralbanklova
I St.meld. nr. 16 (2007-2008) varslet Finansdepartementet at ein tar sikte på sende på høyring endringar i sentralbanklovas fråsegner om rekneskap og revisjon slik at det blir mulig å styrke kontroll- og tilsynsapparatet ytterlegare. I meldinga pkt. 5.7 står det om dette:
«Den kraftige veksten i fondets kapital, økningen i kompleksitet i forvaltningen av Statens pensjonsfond – Utland og hensynet til god virksomhetsstyring av sentralbankoppgaver gjør det etter departementets mening nødvendig å fortsette å videreutvikle bankens styrings- og kontrollstruktur.
Opprettelsen av en egen internrevisjon og samarbeidet med revisjonsselskapet Deloitte om ekstern revisjon av bankens forvaltning av Statens pensjonsfond – Utland har bidratt til å styrke bankens kontroll- og tilsynsapparat. Disse tiltakene er gjennomført innenfor rammen av dagens sentralbanklov. Finansdepartementet finner det naturlig å se på endringer i sentralbanklovens bestemmelser om regnskap og revisjon slik at det blir mulig å styrke kontroll- og tilsynsapparatet ytterligere. Det tas sikte på å sende følgende forslag til endringer i sentralbankloven på høring:
Erstatte ordningen med egen sentralbankrevisjon med en ordning der representantskapet velger en ekstern revisor for Norges Bank.
Gi adgang til å fastsette forskrift om hvilke regnskapsprinsipper Norges Bank skal følge.
Gi regler for omfanget av revisjonen og innholdet i revisjonsberetningen eller gi adgang til å fastsette forskrift om dette (i dag fastsetter representantskapet bankens revisjonsinstruks).
Det bør her vurderes om revisor, i tillegg til å foreta finansiell revisjon av regnskapet, bør få såkalte attestasjonsoppdrag på enkelte områder, for eksempel når det gjelder vurdering av systemer for internkontroll. Det tas sikte på å fremme forslag om endringer i sentralbankloven i løpet av høsten.»
Departementet vurderer vidare å følgje opp eit forslag frå Noregs Bank om å oppheve ordninga etter sentralbanklova med personlege vararepresentantar for hovudstyrets medlemmer og å redusere talet vararepresentantar. Departementet tar sikte på å sende eit forslag om dette på høyring saman med dei nemnde forslaga om endringar i sentralbanklovas fråsegner om rekneskap og revisjon.
Fotnotar
Grønvik har møtt for Torgrim Roll etter at Roll slutta i Noregs Bank hausten 2007.
Ettersom statistikken for 2007 ikkje ligg føre enno, er det meste av informasjonen under henta frå årsrapporten for 2006.
Taylor-regelen: Rente = inflasjonsmål + likevektsrealrente + 1,5*(inflasjon – mål) + 0,5*produksjonsgap.
Produksjonsgapet blir erstatta med differansen mellom faktisk vekst og berekna trendvekst i økonomien (vekstgapet).
Regel med utanlandsk rente = 0,5*Taylorrente + 0,5*pengemarknadsrente hos Noreg sine handelspartnarar.