6 Økonomiske og administrative konsekvensar
6.1 Kostnader for kriminalomsorga knytte til barn og unge
I dag blir om lag fem til ti plassar i fengsel årleg brukte til barn og unge. Gjennomsnittleg driftskostnad per døgn i fengsla varierer etter tryggleiksnivå. Gjennomsnittleg driftskostnad per døgn er om lag kr 1500 i lukka fengsel og kr 1000 i opne fengsel. Kostnadene til kriminalomsorga i samband med barn og unge i fengsel utgjer i dag om lag 2–5 mill. kr.
Barn og unge som skal vere i fengsel, treng spesiell tilrettelegging og oppfølging for å avgrense skadeverknadene av fengselsopphaldet. Det er derfor behov for kompetanseutvikling blant dei tilsette. Kriminalomsorga har dessutan som mål at den innsette skal vere i fengsel i nærleiken av heimstaden, slik at fengselsopphaldet går minst mogleg utover kontakten med familien. Dette er særleg viktig for unge domfelte. Det er derfor nødvendig å tileigne seg kompetanse om dei særskilte behova til barn og unge i alle regionane. Kostnadene ved kompetanseutvikling er avhengige av undervisningsopplegg.
Barn og unge med rusproblem eller spesielle omsorgsbehov kan gjennomføre straffa i institusjon etter straffegjennomføringslova § 12. Dersom opphaldet er ved ein rusinstitusjon med avtale med eit helseføretak, vil helseføretaket betale opphaldet etter ordinære reglar. Kriminalomsorga vil betale ut ein månadleg sum til den domfelte («lommepengar»).
For opphald i omsorgs-/rehabiliteringsinstitusjonar eller rusinstitusjonar som ikkje har avtale med eit helseføretak, varierer kostnadene i svært stor grad. Ein kan gå ut frå at barn og unge som blir dømde til fengselsstraff, og som er aktuelle for straffegjennomføring etter § 12, har omfattande hjelpebehov. Slike tiltak kan vere svært kostbare. Opphald etter § 12 i institusjon som ikkje har avtale med helseføretak, blir samfinansierte mellom kriminalomsorga og heimkommunen til den domfelte. Heimkommunen kan få dekt delar av utgiftene sine etter reglane for refusjon av utgifter til særleg ressurskrevjande brukarar. Også ved opphald i denne typen institusjonar vil kriminalomsorga betale ut ein månadleg sum til den domfelte («lommepengar»).
Barn og unge som på grunn av ung alder blir dømde til samfunnsstraff i staden for fengselsstraff, kan ha særskilte oppfølgingsbehov. Det kan derfor også vere eit behov for kompetanseoppbygging i friomsorgskontora. Kostnadene ved kompetanseutvikling er avhengige av undervisningsopplegg.
6.2 Kostnader for barne-, ungdoms- og familieetaten
Kostnadene for barne-, ungdoms- og familieetaten er mellom anna avhengige av talet på barn og unge som vil falle innanfor dei ulike tiltaka, og opphaldstida i barnevernsinstitusjonane.
Auka bruk av eksisterande barnevernsinstitusjonar og nærmiljøbaserte tiltak som fengslingssurrogat (ved varetekt) og meir aktiv bruk av overføringar til eksisterande barnevernsinstitusjonar, rusbehandlingsinstitusjonar eller andre barnevernstiltak etter straffegjennomføringslova § 12 og § 16 vil gi auka kostnader.
Døgnprisen på ein barnevernsinstitusjon basert på ein modell for ungdom med alvorlege åtferdsproblem, er berekna til om lag kr 5000. Eit år på institusjon gir ein kostnad på om lag 1,8 mill. kr per ungdom. I 2004 var det 48 varetektsinnsetjingar av unge under 18 år, og gjennomsnittstida var ca. 40 dagar. Ei overføring av desse til barnevernet ville ha gitt ein kostnad på om lag 10 mill. kroner.
Det blir vidare lagt til grunn at det skal setjast ned eit utval som skal komme med forslag til alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar og også vurdere omlegging til eit mogleg einspora reaksjonssystem. Kostnader knytte til dette er ikkje moglege å berekne, og er avhengige av tilrådingar og avgjersler frå utvalet. Ein eigen straffereaksjon i sikra og lukka institusjon vil koste mellom 1,5 og 1,8 mill. kr årleg per ungdom. Kostnadene vil likevel variere etter type institusjon.
I tillegg må det bereknast utgifter til programverksemd, forsking og evaluering. Årlege kostnader blir kalkulerte til 2 mill. kr.