St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Konstituering og val

2.1 Avslutning av den 61. general­forsamlinga

Den 61. generalforsamlinga vart formelt avslutta 17. september 2007.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 62. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 62. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:

  • Statsminister Jens Stoltenberg, leiar

  • Utanriksminister Jonas Gahr Støre, nestleiar

  • Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, nestleiar

  • Ambassadør Johan Ludvik Løvald, nestleiar

Stortingsrepresentantar:

1. del av sesjonen

  • Gunnar Kvassheim

  • Inger Enger

  • Øyvind Halleraker

  • Eirin Sund

  • Båra Hoksrud

  • Truls Wickholm

2. del av sesjonen

  • Inge Ryan

  • Anne-Marit Bjørnflaten

  • Bjørg Tørresdal

  • André Oktay Dahl

  • Jorodd Asphjell

  • Henning Skumsvoll

Observatørar:

  • Landsorganisasjonen i Noreg, LO

  • Næringslivets hovudorganisasjon, NHO

  • Redd Barna

  • FN-sambandet

  • Senterungdomen

  • Kyrkjerådet for økumeniske og internasjonale relasjonar

  • Internasjonal kvinneliga for fred og fridom

  • Noregs kristelege studentforbund

2.3 Organisering av den 62. generalforsamlinga

Den 62. generalforsamlinga vart opna den 18. september 2007. Generaldebatten starta 25. september og vart avslutta 3. oktober.

2.4 Konstituering og val

Den 62. generalforsamlinga valde den tidlegare makedonske utanriksministeren og FN-ambassadøren Srgjan Kerim til president.

Generalforsamlinga valde 16. oktober desse fem nye medlemene til Tryggingsrådet for toårige periodar: Kroatia (vann over Tsjekkia), Costa Rica (vann over Den dominikanske republikken), Vietnam, Libya og Burkina Faso.

Den 62. generalforsamlinga valde desse 18 statane som nye medlemer av ECOSOC for perioden 2008–2010: Brasil, Kamerun, Kina, Kongo (DRC), Island, Malaysia, Moldova, Mosambik, New Zealand, Niger, Pakistan, Polen, Sør-Korea, Russland, Saint Lucia, Sverige, Storbritannia og Uruguay.

Til forsida