4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)
4.1 Allment
Årets sesjon av 1. komité medverka dessverre ikkje til ny framdrift korkje i reform av komiteen sitt arbeid eller auka openskap, noko Noreg i formannskapet sitt på fjorårets generalforsamling hadde lagt stor vekt på. Freistnadene på å følgje opp den norske innsatsen frå i fjor på årets sesjon resulterte ikkje i nokon merkbar framgang. Mellom anna var det mindre openskap rundt resolusjonen no enn i fjor, og dei tematiske debattane klarte heller ikkje å utnytte det fulle potensialet sitt.
Sett frå norsk side var det godt å høyre at fleire land omtalte Oslo-prosessen om klaseammunisjon i positive vendingar i debatten om konvensjonelle våpen. Samtidig understreka fleire at dei ønskte eit mandat også innanfor konvensjonen om inhumane våpen (CCW). I margen av 1. komité vart det halde fleire seminar om rammene for ein mogeleg konvensjon om våpenhandel (ATT). Noreg har her markert seg ved å gjere framlegg om at ATT må femne så breitt som mogeleg, og at dette ikkje minst må gjelde den humanitære dimensjonen.
Årets sesjon stadfesta trenden med at resolusjonar som tidlegare har hatt konsensus, vert føremål for votering. Frontane står fram som tidlegare, og også i år røysta USA mot resolusjonar som tidlegare år vart vedtekne utan røysting. I år som tidlegare var det kjernevåpenkonvensjonane som fekk mest merksemd, og då særleg resolusjonen som vart lagd fram av Sverige, New Zealand, Sveits, Chile og Nigeria om å senke vernebuingsnivået for kjernevåpen.
4.2 Handvåpen
Det var ingen nye resolusjonar som omfatta handvåpen på årets generalforsamling. Den såkalla «Maliresolusjonen» om hjelp til statar for å nedkjempe ulovleg omsetninga av handvåpen, vart på nytt fremja av Mali på vegner av ECOWAS-landa (15 vestafrikanske statar). Noreg var medframleggsstillar, og resolusjonen vart vedteken utan røysting.
Omnibusresolusjonen, som Japan, Sør-Afrika og Colombia står bak, tek for seg oppfølginga av FNs handlingsprogram for nedkjemping og ulovleg omsetning av handvåpen. Resolusjonen oppmodar mellom anna til å gjennomføre tilrådingane i rapporten frå ekspertgruppa om ulovleg våpenmekling og instrumentet om merking og sporing. Resolusjonen vart vedteken mot USAs røyst.
4.3 Kjernevåpen
Debatten om kjernevåpen vart dels prega av klagar over at det multilaterale maskineriet framleis står stille. USA heldt ein brei og god presentasjon av kva landet gjer på nedrustingsområdet. Fleire land, mellom dei Noreg, hevda at denne openskapen måtte inspirere andre kjernevåpenstatar. Wall Street Journal-artikkelen av mellom andre dei tidlegare utanriksministrane Kissinger og Shultz, der det vert teke til orde for ei kjernevåpenfri verd, vart omtalt av fleire land i den tematiske debatten. Også talen til Storbritannias tidlegare utanriksminister Beckett på Carnegie-konferansen i sommar, der hovudbodskapen var trongen for fornya felles innsats for å kome fram til ei kjernevåpenfri verd, vart positivt kommentert. Samtidig var det eit sterkt utolmod over at prøvestansavtalen ikkje har teke til å gjelde, og kjernevåpenstatane vart kritiserte for planar om modernisering av våpensystema eller leveringsmidla sine.
Sverige, New Zealand, Sveits, Chile og Nigeria la fram ein resolusjon om å senke vernebuingsnivået for kjernevåpen (de-alerting). Det opphavlege tekstutkastet var vanskeleg for kjernevåpenstatane og fleire NATO-land. Noreg, Tyskland og Italia hadde stor sympati med intensjonen bak resolusjonsframlegget og medverka til at resolusjonsteksta fekk ei meir akseptabel form. Sjølv om fleire NATO-land framleis var skeptiske til resolusjonen, gjorde det nye utkastet det mogeleg for i alt seks NATO-land (Noreg, Tyskland, Italia, Spania, Portugal og Island) å røyste for resolusjonen.
Japan sin resolusjon om fornya innsats for ei kjernevåpenfri verd fekk størst oppslutnad av resolusjonane om kjernefysisk nedrusting. Resolusjonen har ein god balanse mellom nedrusting og ikkje-spreiing, og Noreg teikna seg som medframleggsstillar. Frankrike avstod på denne resolusjonen, medan USA røysta mot på grunn av den sterke oppmodinga om å støtte prøvestansavtalen. Noreg røysta vidare for resolusjonen til Ny-agendakoalisjonen (Sverige, Irland, New Zealand, Sør-Afrika, Mexico, Egypt og Brasil), som har ei klart sterkare vektlegging av nedrustingsdimensjonen. Det er interessant at Storbritannia i år valde å avstå under voteringa på denne resolusjonen og ikkje lenger røyste mot slik som USA og Frankrike.
Dei to Midtausten-relaterte resolusjonane om kjernevåpen vart vedtekne med same røystemønster som før. Det var positivt at det var mogeleg å unngå votering på resolusjonen om ei kjernevåpenfri sone i Midtausten, og at ein dermed unngjekk dei vanskane som gjorde seg gjeldande på generalkonferansen til Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).
4.4 Reform
Noreg har vore ein pådrivar for reform av arbeidet i 1. komité, og under fjorårets norske formannskap var effektivisering av komiteens arbeidsmetodar og større tilgang for ekstern ekspertise og det sivile samfunnet høgt prioritert. Dette gav gode resultat og vart verdsett av mange. Dessverre vart dette arbeidet berre i avgrensa grad følgd opp under årets sesjon, som stod fram som rotete. Dei tematiske debattane vart for langdryge, og organiseringa var mangelfull. Det er eit positivt trekk at mange land har biannualisert eller triannualisert resolusjonsframlegga sine. Dette er ei direkte oppfølging av Noregs initiativ i fjor. Somme land medverka også til ei meir effektiv resolusjonshandsaming ved å unngå å opne breitt for medframleggsstillarar, for eksempel på minekonvensjonen.