1 Innleiing
1.1 Bakgrunn
Arbeids- og administrasjonsdepartementet la den 24. november 2000 fram St.meld. nr. 11 (2000-2001) Om forholdet mellom embetsverket, departementenes politiske ledelse og andre samfunnsaktører. Stortingsmeldinga blei fremja etter at Stortinget i 1995 og 1997 hadde bedt regjeringa om å sørgje for klårare retningslinjer for forholdet mellom politikk, administrasjon og andre samfunnsaktørar.
To konkrete hendingar låg bak Stortingets vedtak. I 1995 vende partisekretæren i det dåverande regjeringspartiet seg skriftleg til ein statssekretær ved Statsministerens kontor og bad om materiale til bruk i valkampen. Statssekretæren sende brevet frå partiet vidare til departementa med oppmoding om å svare direkte til partisekretæren. Saka blei teken opp i Stortinget, og det blei bl.a. vedteke å be regjeringa om å sørgje for at det aktuelle regelverket blei gjennomgått med sikte på å etablere ein praksis som sikrar ei uavhengig forvaltning og ei klår grensedraging mellom forvaltning og partipolitisk verksemd. Den andre hendinga gjaldt ein embetsmann i eit av departementa som i 1997 gjekk over til ei politisk stilling og deretter direkte tilbake til si embetsstilling.
Stortinget har behandla spørsmålet to gonger, og begge gongene har ein i hovudsak sett på forholdet mellom embets- og tenestemenn på den eine sida og den politiske leiinga i departementa, samt andre samfunnsaktørar, på den andre sida. Det har ikkje vore føreslått å regulere situasjonar som kan oppstå mellom den politiske leiinga og andre samfunnsaktørar, f.eks. dersom ein frå den politiske leiinga i departementa går over til næringslivet eller til ein interesseorganisasjon. Denne problemstillinga blei omtalt i St.meld. nr. 11 (2000-2001) s. 8, der det heiter:
«Den foreslåtte ordningen vil i utgangspunket ikke gjelde hele statsforvaltningen, men for departementenes politiske ledelse. For å ivareta tilsvarende hensyn ved avgang fra disse politiske stillingene vises det til taushetsplikten og til den enkeltes ansvar for å . . . unngå situasjoner der det kan reises spørsmål ved deres integritet.»
Trekk ved samfunnsutviklinga har aktualisert problemstillinga. I den grad det øvste embetssjiktet i departementa har innsikt i planar, strategiske val mv., vil dette normalt gjelde i minst like stor grad for den politiske leiinga. Politisk leiing er departementas ansikt utetter, har vanlegvis eit svært stort kontaktnett i arbeids- og næringsliv og interesseorganisasjonar og har ei omfattande innsikt i politiske mål og strategiar.
St.meld. nr.11 (2000-2001) slo likevel uttrykkeleg fast at ordninga ikkje vil gjelde for den politiske leiinga i departementa, og Regjeringa finn det derfor rett å informere Stortinget om at Regjeringa no vurderer spørsmålet på ein annan måte.
1.2 Nærmare om oppfølginga av St.meld. nr. 11 (2000-2001)
Med utgangspunkt i St.meld. nr.11 (2000-2001) sette Moderniseringsdepartementet 4. januar 2005 i verk retningslinjer for karantene ved overgang frå politisk stilling til departementsstilling. Det viktigaste punktet i retningslinjene er at statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar ikkje kan ta til eller gå inn att i stilling som departementsråd, ekspedisjonssjef eller informasjonssjef i same departement eller eit anna departement før det har gått høvesvis seks eller tre månader etter at ein har gått av som politikar. Retningslinjene følgjer som vedlegg til denne meldinga, jf. vedlegg 1.
Med verknad frå 15. februar 2005 har regjeringa vedteke retningslinjer for karantene og saksforbod for embets- og tenestemenn ved overgang til ny stilling, jf. vedlegg 2 til denne meldinga. Med desse retningslinjene ønskjer regjeringa å etablere eit regelverk som skal sikre staten sine interesser samtidig som ein ønskjer å oppretthalde tilliten ålmenta har til offentleg forvaltning og offentlege embets- og tenestemenn. Retningslinjene skal medverke til å unngå at ein ny arbeidsgivar får tilgang til strategisk og sensitiv informasjon, avverje risiko for at ei verksemd gjennom rekruttering får ein urettmessig konkurransefordel, og til at ein unngår mistanke om at ei stilling kan vere gjengjeld for tidlegare tenester. Statsforvaltninga må vere nøytral og uavhengig i forhold til eksterne aktørar og handle sakleg, objektivt og upartisk og i samsvar med gjeldande lovar og reglar. For at tilliten skal haldast ved lag, er det likevel ikkje nok å opptre korrekt. Det må også finnast reglar og rutinar som viser at ein i praksis opptrer korrekt, og at dette er tydeleg å sjå for alle. Regjeringa vil likevel understreke at ein bør vere tilbakehalden med å gjere bruk av eit så vidtgåande verkemiddel, og ein føreset at dette blir nytta i eit svært avgrensa omfang.
Ved innføring av retningslinjer for karantene ved overgang frå politisk stilling til departementsstilling, samt innføring av retningslinjer om karantene og saksforbod for embets- og tenestemenn ved overgang til ny stilling, har regjeringa følgt opp hovudlinjene i Stortingets behandling av St.meld. nr. 11 (2000-2001). Då familie-, kultur- og administrasjonskomiteen behandla St.meld. nr. 11 (2000-2001), blei det likevel i Inst. S. nr. 175 (2000-2001) lagt til grunn at saksforbod er eit verkemiddel som inneber eit sterkt inngrep i karrieren til kvar einskild. Komiteen bad regjeringa komme tilbake med forslag til lovheimel for eit saksforbod.
I retningslinjer for karantene og saksforbod er det lagt opp til ein maksimal karanteneperiode på inntil 6 månader, mens ein opnar for eit saksforbod på inntil eitt år, anten i staden for eller i kombinasjon med karantene. Regjeringa ser på saksforbod, slik ein føreset at det blir praktisert, som eit mindre inngripande verkemiddel enn karantene, og meiner derfor at det må vere tilstrekkeleg å heimle eit saksforbod i arbeidsavtalen på lik linje med karantene.