4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Regjeringas forslag til karantene for politisk leiing i departementa vil ha små økonomiske konsekvensar. For det første vil godtgjersle i karantenetida innebere ei ekstra utgift for staten. Dernest vil sekretariatsfunksjonen, oppretting av eit uavhengig utval og saksbehandling i samband med dette føre med seg økonomiske og administrative konsekvensar. Ein meiner at utgiftene ikkje vil overstige 1-2 millionar kroner i året.