Del 1
Innleiing og samandrag
1 Innleiing
1.1 Føremål
Eit overordna mål i kulturpolitikken er å sikre at alle får tilgjenge til kunst og kulturopplevingar og høve til å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur, uavhengig av geografi, økonomiske og sosiale skiljeliner. Regjeringa vil realisere kulturløftet gjennom ei opptrapping av kultursatsinga til 1 prosent av statsbudsjettet innan 2014. Regjeringa vil også synleggjere det fleirkulturelle perspektivet på alle felt i kulturlivet og medverke til å skape betre møtestader. Noreg skal vere eit inkluderande samfunn der alle, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn, har like rettar, plikter og vilkår for å delta i samfunn og arbeidsliv. Regjeringa vil også satse på kunnskap og utdanning.
Biblioteka er møtestader og arenaer som kan medverke til å nå regjeringa sine overordna mål for kultur og kunnskapspolitikken. Bibliotek er med på å styrkje demokratiet og ytringsfridomen gjennom å
sikre kunnskap og informasjon for alle
formidle og forvalte norsk skriftkultur og litteratur
formidle kunnskap om kultur og ulike samfunnstilhøve
medverke til leselyst og lesedugleik
gje tilgang til teknologi
vere ein møtestad og sosial arena for mange ulike grupper.
Hovudføremålet med denne meldinga er å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek som kan tilby alle innbyggjarane betre bibliotektenester. Dette er ei viktig oppgåve som ikkje minst handlar om å styrkje og vidareutvikle ein offentleg møteplass for kultur- og kunnskapsformidling, tufta på demokrati og ytringsfridom.
Utfordringane i biblioteka viser at det er behov for ein overordna politikk som kan medverke til at biblioteka tek i bruk løysingar og byggjer strukturar, som er robuste nok til å møte morgondagens utfordringar. Det er viktig at biblioteka i størst mogeleg grad arbeider i same retning og tek i bruk løysingar som gjev brukarane bibliotektenester med høg kvalitet. Det er behov for klarare mål og krav, betre ansvarsfordeling og satsingsprogram for å oppnå ei slik utvikling.
Regjeringa vil oppnå dette gjennom å:
setje fart i samarbeidet mellom biblioteka og stimulere til samordning og samdrift av bibliotektenester lokalt og regionalt
utvikle den nasjonale samordninga av arkiv-, bibliotek-, og museumssektoren
opparbeide ny kompetanse i biblioteka
vidareutvikle digitale fellestenester for biblioteka og utvikle bibliotekas kompetanse på å yte tenester i den digitale kunnskapsallmenningen
utvikle folkebiblioteka som møtestad, kulturarena og samfunnsaktør
fremje folkebiblioteka som læringsarena og i særleg grad utvikle biblioteka som arena for leselyst og lesedugleik
betre og utvikle skulebiblioteka
utvikle bibliotektilbodet til spesielle grupper.
1.2 Innhaldet i meldinga
I det noverande biblioteklandskapet er ansvaret for bibliotektenestene klart fordelte mellom stat, fylkeskommune og kommune. Hovudmønsteret i denne oppgåvedelinga vil ikkje bli endra i tida som kjem, men departementet vil i samråd med andre relevante departement vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbibilioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket. Hovudinnretninga vil elles vere at kommunane og fylkeskommunane framleis skal ha ansvaret for folkebiblioteka, men at kommunane i større grad bør samarbeide om bibliotektenestene. I meldinga vert det gjort framlegg om å prøve ut ei meir fleksibel organisering av bibliotektenestene på lokalt og regionalt nivå, og å prøve ut samarbeidsmodellar til dømes etter vertskommunemodellen.
For å styrkje samarbeidet og samspelet mellom forvaltningsnivåa, vert det gjort framlegg om å etablere ei friviljug ordning med samarbeidsavtaler mellom staten og fylkeskommunane. Desse samarbeidsavtalene skal vere verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og nasjonale satsingsprogram og stimulere til fylkeskommunale og kommunale handlingsplanar på bibliotekområdet.
I meldinga vert det varsla at lov om folkebibliotek skal reviderast. Kompetansekravet for fagutdanna biblioteksjef og dispensasjonsordninga vert drøfta og ulike alternativ vert synleggjorde. Det vert tilrådd å fjerne lovkravet om at det skal finnast eit fylkesbibliotek i kvart fylke, og i lovverket vil ein i staden leggje vekt på dei oppgåvene som skal løysast på fylkeskommunalt nivå. Føremålet med desse endringane er å leggje til rette for meir fleksibel organisering av bibliotektenestene, og stimulere til samarbeid om personalressursar og kompetanse på tvers av kommunegrensene.
Vidare vil Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet starte eit arbeid for å harmonisere lovverket på heile bibliotekfeltet for å styrkje lånesamarbeidet og ressursutvekslinga mellom biblioteka. Felles retningsliner for lånesamarbeid vert reviderte og departementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebiblioteklova § 3. Lov om opphavsrett til åndsverk er under revisjon, og departementet vil også starte arbeidet med å revidere lov om pliktavlevering av allment tilgjengelege dokument.
I tillegg til å stimulere til ei organisatorisk utvikling av bibliotektenestene på lokalt og regionalt nivå, vil den statlege satsinga på bibliotekfeltet framover omfatte fleire konkrete initiativ, i tillegg til dei tiltaka som vert varsla i digitaliseringsmeldinga. Både det samiske og det nynorske perspektivet skal inkluderast i satsingane, som vil verte nærare konkretiserte:
Kompetanseutvikling: Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere tiltak for å styrkje og utvikle kompetansen i heile biblioteksektoren. Eit kompetanseutviklingsprogram vil verte vurdert.
Modellbibliotek: For å styrkje møteplassfunksjonen i folkebiblioteka vil Kultur- og kyrkjedepartementet arbeide for å synleggjere folkebibliotek som kan vise til god funksjonalitet og gode partnarskap.
Nasjonalt leseår 2010 og eit nasjonalt leseløft i perioden fram mot 2014: Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap etablere eit nasjonalt leseår i 2010 som start på eit nasjonalt leseløft i perioden 2010 – 2014, retta mot både barn, unge og vaksne.
Nasjonal aktør i Den kulturelle skulesekken. Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil styrkje litteraturformidling, leselyst og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling.
Digital kompetanseheving i folkebibliotek: Fornyings- og administrasjonsdepartementet har gjeve støtte til eit pilotprosjekt som skal styrkje folkebiblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet skal leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek.
Skulebibliotekutvikling: Kunnskapsdepartementet har sett i verk eit eige program for skulebibliotekutvikling i perioden 2009–2012. Programmet inneheld tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk og samarbeid.
Biblioteksøk: Nasjonalbiblioteket i samarbeid med ABM-utvikling vil etablere ei teneste med felles søk i alle bibliotekkatalogane i norske bibliotek og ei ordning med brukarinitiert fjernlån. Ei slik teneste er viktig også for på sikt å realisere eit felles søk på tvers av arkiv, bibliotek og museum.
Frikjøpe verna materiale: Nasjonalbiblioteket vil gjennomføre prøveprosjektet Bokhylla.no der verna materiale vil bli frikjøpt og gjort allment tilgjengeleg digitalt.
Nasjonale lisensar: Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar bør utviklast vidare.
FoU på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet: Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere tiltak som kan styrkje forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.
Eit grunnleggjande perspektiv i meldinga er at den digitale utviklinga vil ha ein grensesprengjande verknad på bibliotektenestene framover. Samstundes med denne meldinga vert det også lagt fram ei stortingsmelding om digitalisering og digital formidling av kultur- og kunnskapskjelder i kulturfeltet. Dei to meldingane vil i nokon monn vere overlappande.
1.3 Samfunnsoppdraget til biblioteka
Verdigrunnlaget og legitimiteten til biblioteka byggjer på tanken om at kunnskap og utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosiale, økonomiske og geografiske skiljeliner. Dette gjeld alle typar bibliotek, fag- og forskingsbibliotek, folkebibliotek og skolebibliotek. Biblioteka skal gje den enkelte høve til læring og personleg utvikling heile livet gjennom. Fag- og forskingsbiblioteka skal hjelpe utdanningsinstitusjonane til å nå måla sine når det gjeld læring og forsking.
Biblioteka forvaltar viktige delar av dei fysiske og digitale kunnskaps- og informasjonsressursane i samfunnet på vegner av fellesskapen. Dei forvaltar ein sentral del av kultur- og kunnskapsallmenningen, skal skape breitt tilgjenge til informasjonskjeldene og leggje til rette for bruken av dei. På den eine sida skal biblioteka bevare og forvalte kjelder uavhengig av raskt skiftande teknologiske og andre endringar, og på den andre sida skal dei fornye tenestene sine og utvikle seg i takt med utviklingstrekka og behova i samfunnet.
Folkebiblioteka er viktige, sjølvstendige kulturarenaer og målberarar av grunnleggjande fellesverdiar. Eit besøk på biblioteket kan by på eit stort spekter av opplevingar der det målretta søket etter spesifikke informasjonskjelder går hand i hand med det tilfeldige møtet med det uventa, anten dette er av kulturell, sosial eller kunnskapsmessig art. Slik kan eit bibliotekbesøk stimulere fantasien, og setje i gang kreative prosessar. Dette er ikkje minst viktig med tanke på at barn og unge er blant dei mest aktive brukarane av biblioteket.
Fag- og forskingsbiblioteka har ei særleg oppgåve som forvaltarar av fagleg og akademisk dokumentasjon og litteratur, både på norsk og på andre språk, innanfor dei ulike fagområda. Samstundes skal dei vere tilrettelagde, fysiske læringsarenaer som gjev tilgjenge til nødvendige hjelpemiddel, informasjon, kunnskapskjelder, utstyr og informasjonskompetanse. Fag- og forskingsbiblioteka tener også den demokratiske rolla gjennom å gjere kunnskap fritt tilgjengeleg for studentane, og dei medverkar til at kunnskap vert ein utviklingsfaktor mellom anna gjennom kunnskapsorganisering og ved å utvikle kritisk sans hos studentane.
Spesielt folkebiblioteka er heilt sentrale formidlarar av språklege og litterære uttrykksformer i dagens samfunn. Eitt av kjenneteikna ved folkebibliotek er at dei spelar ei spesiell rolle når det gjeld å formidle skjønnlitteratur. Dei har difor ei nøkkelrolle i arbeidet for å styrkje og formidle norsk skriftkultur og litteratur, og er viktige samarbeidspartnarar i arbeidet for å styrkje leseopplæringa. Folkebiblioteka er naturlege og sjølvsagde aktørar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken i alle kommunar både som arena for litteraturformidling og som utviklar av ulike tilbod.
Biblioteka skal formidle informasjon og kunnskap om kultur- og andre samfunnstilhøve og på den måten medverke til å utvikle demokratiet og ytringsfridomen. I dette ligg også ein skyldnad til å skape forståing og respekt for kulturelt mangfald, anten dette mangfaldet botnar i etniske, religiøse, sosiale eller geografiske tilhøve.
Biblioteka skal vidare leggje til rette for at alle innbyggjarane kan velje eit aktivt liv ut frå personlege føresetnader. Tilgjenge til relevant informasjon og kunnskap er ein grunnleggjande føresetnad for at enkeltindivid kan vere deltakarar i eit levande demokrati og aktive samfunnsdeltakarar. Gjennom å gje tilgjenge til teknologi, rettleiing og opplæring kan biblioteka medverke til å auke digital kompetanse.
Biblioteka er kultur- og samfunnsinstitusjonar som ikkje berre organiserer samlingar av informasjonsberarar, det vere seg bøker og anna materiale, fysisk så vel som digitalt. Biblioteka skal òg vere fysiske møteplassar og læringsarenaer som tek vare på det kulturelle og demografiske mangfaldet, og som formidlar kunnskap og kultur i bibliotekarealet.
Biblioteka er òg institusjonar der det oppstår sosiale prosessar mellom menneske knytte til kulturformidling, kunnskap og læring. Her spelar bibliotekaren ei viktig rolle som formidlar, rettleiar og samtalepartnar. Biblioteka er difor ein stad i samfunnet der ein kan utvikle møtestader på tvers av ulike samfunnsgrupper. Dette er viktige faktorar for å styrkje demokrati, ytringsfridom, integrering, inkludering og livskvalitet i samfunnet.
Som institusjonstype har bibliotek tilretteleggjande oppgåver som skal sikre at informasjon og kunnskap skal vere tilgjengeleg for alle, og på mange ulike språk. Slik sett kan det seiast at samfunnsrolla til biblioteka ligg i skjeringspunktet mellom kulturpolitikk, utdanningspolitikk og ein politikk for å styrkje demokratiet.
1.4 Definisjonar
Den tradisjonelle definisjonen av eit bibliotek (av gr. bok og lagerrom) er ein bygning eller eit lokale der bøker og andre dokumenttypar vert oppbevarte. Bibliotek vert også ofte brukt som nemning for sjølve samlinga.
Eit konvensjonelt bibliotek kan i tillegg til trykksaker og manuskript også innehalde mikrofilm, spelefilm, videogram, fotografi og lydfestingar m.m. Den tradisjonelle bibliotekfunksjonen er – og har vore – å oppbevare bøker og manuskript og ordne samlingane slik at dei er tilgjengelege for brukarane. Etter kvart er det lagt vekt på tenesteyting som referansearbeid, formidling og pedagogisk rettleiing.
Moderne informasjonsteknologi har gjort det enklare å ha oversyn over samlinga, gje informasjon om kva bøker som kjem til andre bibliotek, og å skaffe fram dette til brukarane. I dei siste åra er omgrepa digitalt bibliotek eller elektroniske bibliotek brukte om organiserte samlingar som gjev tilgjenge til informasjon i digital form formidla via eit datanett.
Eit anna omgrep er saumlause bibliotek og saumlause bibliotektenester, som refererer til noko som er heilskapleg, ieit heilt stykke, utan skøyt. Dette inneber konkret at ein som brukar kan gå til kva bibliotek som helst for å få tilgjenge til dei dokumenta eller tenestene ein treng. Den teknologiske utviklinga skal også kunne syte for at biblioteket kan vere døgnope.
Ein utvida definisjon er at biblioteket er ein institusjon som med utgangspunkt i samlingar av dokument – digitale eller fysiske – initierer og organiserer sosiale prosessar, først og fremst sosiale prosessar knytte til læring og kulturformidling. Det sosiale biblioteket rommar såleis ei vidare forståing av kva eit bibliotek er og fangar inn kjernen av det eit bibliotek alltid har gjort, samstundes som omgrepet også identifiserer ei oppgåve som vert stadig viktigare for biblioteka i det digitale samfunnet – å styrkje dei sosiale funksjonane til biblioteka, kulturperspektivet og biblioteket som ein offentleg møtestad for alle.
1.5 Grunnlagsdokument
St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving (abm-meldinga) frå dåverande Kulturdepartementet gav klare signal om eit nærare samarbeid mellom biblioteka og arkiv- og museumsfeltet. Meldinga la særleg vekt på å framheve fellestrekk , og det vart gjort framlegg om ei opprusting av arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. Som eit ledd i oppfølginga vart Statens bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling slått saman til det nye organet ABM-utvikling frå og med 1. januar 2004.
St.meld. nr. 48 (2003–2004) Kulturpolitikk fram mot 2014 (kulturmeldinga) frå Kultur- og kyrkjedepartementet omhandla heile det statlege kulturfeltet. Meldinga la særleg vekt på kulturens eigenverdi, fagleg kvalitet som eit avgjerande kriterium og kulturelt mangfald i kulturlivet. På bibliotekområdet er omtalen særleg konsentrert om Nasjonalbiblioteket og om utviklinga av digitale tenester og digitalt innhald i biblioteksektoren. I kulturmeldinga vart det gjort framlegg om å setje i gang eit nasjonalt utgreiingsarbeid på bibliotekområdet.
Det nyoppretta organet ABM-utvikling fekk ansvaret for å gjennomføre utgreiingsarbeidet. I mandatet vart det lagt vekt på
framtidige utfordringar på bibliotekområdet
biblioteka i informasjons- og kunnskapssamfunnet
problemstillingar knytte til digitalisering
ein gjennomgang av lovgjevinga på bibliotekområdet
ein plan for ei heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor
ein plan for samarbeid med arkiv- og museumssektoren
Bibliotekutgreiinga Bibliotekreform 2014 vart overlevert Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet 25. september 2006. Utgreiinga er samansett av eit strategidokument, eit bakgrunnsdokument og fem delutgreiingar.
Bibliotekutgreiinga peikar på at det i dag eksisterer eit nettverkssamarbeid mellom dei ulike bibliotektypane, både nasjonalt og internasjonalt. Nettverkssamarbeidet er dels basert på lover, og dels på tradisjonar gjennom lånesamarbeid og faglege nettverk. Det vert også peika på at den digitale utviklinga gjer det mogeleg for biblioteka å dele kunnskapskjelder med kvarandre til beste for brukarane og å utvikle nye, spennande og meir fleksible formidlingskonsept. På den andre sida representerer digital formidling også juridiske, økonomiske og tekniske utfordringar.
Bibliotekutgreiinga gjer framlegg om ei reform av biblioteksektoren. Utgreiinga omfattar konkrete tiltak innanfor dei tre målområda innhald og tenester, struktur og organisering, kompetanse og forsking. Hovudtiltak i bibliotekutgreiinga er å
innføre ei felles biblioteklov som skal styrkje det samarbeidande biblioteknettverket
utvikle digitalt innhald og nettbaserte tenester formidla gjennom eit digitalt bibliotek og ein ABM-portal
fremje biblioteka som ressursar for læring og for kultur- og litteraturformidling
styrkje biblioteka som bidragsytarar til integrering og kulturelt mangfald
sikre bibliotektenester med nødvendig kvalitet og gjere dei lett tilgjengelege for alle
reformere bibliotekstrukturen gjennom å konsolidere fleire folkebibliotek i eit geografisk område for å gjere biblioteka betre i stand til å utvikle og styrkje bibliotektenestene
utvikle biblioteka som attraktive møteplassar i lokalsamfunn og utdanningsmiljø
styrkje og fornye kompetansen i biblioteksektoren
Bibliotekutgreiinga vart send på brei høyring våren 2007, og departementet mottok nær 250 høyringsfråsegner. Desse gjev eit tydeleg inntrykk av at sektoren forventar ei satsing på biblioteka i kjølvatnet av utgreiinga. Det er forventa organisatoriske grep, løyvingar og igangsetting av prosjekt. Intensjonane og hovudtrekka i utgreiinga fekk brei støtte, med nokre unnatak. Framlegget om å konsolidere folkebibliotek fekk varierande mottaking. Framlegget om ei felles biblioteklov som pålegg alle offentlege bibliotek å ta del i biblioteknettverket, fekk heller ikkje full støtte.
I 2006 vart ABM-utvikling evaluert. Dette førte til at organisasjonen vart omorganisert. I 2008 gjennomførte Direktoratet for forvaltning og ikt (DIFI) ei ny evaluering på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
Fleire stortingsmeldingar og andre dokument frå både Kultur- og kyrkjedepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet dei siste åra har på ulike måtar innverknad på bibliotek og bibliotekverksemd. Desse dokumenta er:
St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining (språkmeldinga) frå Kultur- og kyrkjedepartementet legg grunnlaget for ein ny, strategisk språkpolitikk med eit heilskapleg perspektiv på språk og samfunn. Meldinga omtalar også innkjøpsordningane under Norsk kulturråd.
St.meld. nr. 32 (2007–2008) Samspill. Et løft for rytmisk musikk frå Kultur- og kyrkjedepartementet omtalar mellom anna innkjøpsordninga for musikk. Ordninga skal utviklast til også å omfatte innkjøp og distribusjon av digitalisert musikk.
St.meld. nr. 14 (2007–2008) Dataspill frå Kultur- og kyrkjedepartementet slo fast at departementet vil greie ut ei innkjøps- og utlånsordning for dataspel og særleg vurdere opphavsrettslege problemstillingar.
St.meld. nr. 22 (2006–2007) Veiviseren frå Kultur- og kyrkjedepartementet slo fast at departementet vil greie ut ei eiga innkjøpsordning for norske kort- og langfilmar til folkebiblioteka.
St.meld. nr. 17 (2005–2006) 2008 som markeringsår for kulturelt mangfald frå Kultur- og kyrkjedepartementet markerte starten på ei utvikling der stimulering av kulturelt mangfald skal vere eit markant og gjennomgåande trekk ved norsk kulturpolitikk.
I St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida frå Kultur- og kyrkjedepartementet vart biblioteka som arena og aktør for litteraturformidling understreka. Det vart vist til at det er behov for ein eller fleire nasjonale aktørar som kan danne nettverk, samordne og medverke til å heve kompetansen og å styrkje kvaliteten på litteraturformidlinga i Den kulturelle skulesekken.
St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken frå Arbeids og inkluderingsdepartementet inneheld mellom anna ein brei gjennomgang av den samiske kulturpolitikken og samiske bibliotektenester.
St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet understreka at all teknologisk utvikling i offentleg sektor skal byggje på universelt utforma løysingar. Meldinga framhevar biblioteka som ein aktør som kan medverke til å utvikle digital kompetanse, og understrekar at godt digitalt innhald er ein nøkkel til kunnskap.
St.meld. nr. 27 (2000–2001) Gjør din plikt – krev din rett frå Kunnskapsdepartementet innebar ei markant omstilling og fornying av verksemda i universiteta og høgskulane gjennom kvalitetsreforma.
St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning frå Kunnskapsdepartementet omhandla evalueringa av kvalitetsreforma. Bibliotektenestene ved universiteta og høgskulane var ikkje omtala i evalueringa, men Universitets- og høgskolerådet legg vekt på at kvalitetsreforma har ført til ei positiv utvikling for biblioteka ved institusjonane. Mellom anna er det lagt større vekt på å tilby digitale kjelder, og det har ført til betre samordning mellom biblioteksystemet og læringsplattformene ved institusjonane.
St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer. Språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og vaksne frå Kunnskapsdepartementet gjorde framlegg om å styrkje leseopplæringa gjennom etterutdanningstilbod, rettleiingsmateriell og justering av læreplanen i norsk.
St.meld. nr. 16 (2006–2007) … og ingen stod igjen. Tidlig innsats for livslang læring frå Kunnskapsdepartementet viste at det er ein klar samanheng mellom språkforståing i ung alder og lesedugleiken dei første skuleåra.
St.meld. nr. 31 (2007–2008) Kvalitet i skolen frå Kunnskapsdepartementet omhandlar tiltak for å styrkje kvaliteten i grunnskulen. Skolebiblioteka har ei særleg oppgåve i å medverke til å utvikle og styrkje lesedugleiken.
Satsing på skulebibliotek og lesing er også nedfelt i strategiplanen Skapende læring. Strategi for kunst og kultur i opplæringen 2007–2010 frå Kunnskapsdepartementet. Strategiplanen har som mål å utvikle kunst- og kulturfagleg, estetisk og skapande kompetanse hos barn, elevar og tilsette i barnehage, grunnopplæring og høgare utdanning. Kunst og kulturelle uttrykk kan inngå i og styrkje alle faga i skulen og gje elevane opplevingar og erfaringar. Litteratur er eitt av desse uttrykka, og både skulebiblioteka og folkebiblioteka vert rekna for å vere viktige i formidlinga.
St.meld. nr. 27 (2004–2005) Om opplæring innenfor kriminalomsorgen frå Kunnskapsdepartementet peika på at ei vidare utvikling av fengselsbiblioteka bør ta omsyn til utdanningssektorens behov.
2 Samandrag
2.1 Innleiing
Denne meldinga er strukturert i tre delar.
Del I (kap. 1 – 2) er innleiingsdelen i meldinga. Kap. 1 presenterer føremålet med meldinga, hovudinnretninga og grunnlagsdokumenta. Kap. 2 er samandraget.
Del II (kap. 3 – 6) er bakgrunnskapittel. I kap. 3 vert det vert sett nærare på nokre overordna utviklingstrekk som har innverknad på utviklinga i biblioteka i tida framover. Kap. 4 omhandlar status og utviklingstrekk i det nasjonale biblioteknettverket og ansvarsfordelinga mellom stat, fylkeskommune og kommune. Det juridiske rammeverket og statlege støtte- og vederlagsordningar med innverknad for biblioteka, vert presenterte i kap. 5. I kap. 6 vert det gjort greie for bibliotek i eit internasjonalt perspektiv og det vert sett nærare på nokre utviklingstrekk i enkelte europeiske land.
Del III (kap. 7 – 13) er drøftings- , vurderings- og tiltakskapittel knytte til dei fire berande perspektiva i meldinga:
Det digitale perspektivet vert gjort greie for og drøfta i kap. 7. Kapitlet omhandlar digitale utviklingstrekk og behov i biblioteka, men overlappar på fleire tema med digitaliseringsmeldinga.
Samarbeid og fordeling av ansvarer utgangspunktet for drøftingane i kap. 8, 9 og 10. Kap. 8 handlar om samarbeidet og ressursdelinga i biblioteknettverket og verkemiddel som kan styrkje dette samarbeidet. Kap. 9 handlar om samarbeid og samordning av bibliotektenester lokalt og regionalt, og i første rekkje om utviklinga av folke- og fylkesbiblioteka. Kap. 10 handlar om nasjonal samordning av abm-feltet. I kapitlet vert evalueringa av ABM-utvikling som vart gjennomført i 2008 gått gjennom og drøfta nærare.
Biblioteket som møtestad, lærings- og kulturarena dannar rammene for drøftingane i kap. 11. Biblioteket som fysisk rom, møtestadfunksjonen og den sosiale arenaen vert presentert. Det vert mellom anna gjort greie for bibliotek i barnehagar, biblioteka si rolle i Den kulturelle skulesekken og satsinga på skulebibliotekutvikling.
Bibliotektenester til alleer emne i kap. 12 og 13. I kap. 12 vert det sett nærare på bibliotektenestene til samar, nasjonale minoritetar og andre minoritetsspråklege. Kap. 13 handlar om bibliotektenestene til spesielle grupper.
Økonomiske og administrative konsekvensar av meldinga vert presenterte i kap. 14. Samandraget nedanfor er knytt til dei fire hovudperspektiva i meldinga slik dei er presenterte i kap. 7 – 13.
2.2 Kunnskapsallmenning i ei digital tid
Det digitale perspektivetvil på mange måtar vere eit tverrgåande og overgripande perspektiv som grip inn i alle typar bibliotek, og som vil prege all utvikling av bibliotektenester i tida framover.
Samstundes med denne meldinga vert det også lagt fram ei melding om digital bevaring og formidling av kulturarv. Digitaliseringsmeldinga er ei overordna melding som skisserer ein nasjonal strategi for korleis ein skal arbeide for å bevare, gjere tilgjengeleg og formidle samlingane på kulturområdet ved å bruke digital informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Bibliotek- og digitaliseringsmeldingane skal utfylle kvarandre, men det vil vere vanskeleg å lage eit knivskarpt skilje mellom dei. Dei to meldingane vil difor i nokon monn vere overlappande.
I kap. 7 vert det streka under at det er eit viktig mål å leggje grunnlaget for at ei teneste med felles søk i bibliotekkatalogane og ei teneste med brukarinitiert fjernlån, kan realiserast innan rimeleg tid. I 2008 har Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling starta prosjektet Biblioteksøk som i første omgang skal erstatte Samkatalogen, men som i neste omgang skal utvidast til ei teneste med brukarinitiert fjernlån. Opprettinga av Biblioteksøk vil vere ein viktig føresetnad for også å kunne utvikle eit søk på tvers av arkiv, bibliotek- og museumssektoren. Nasjonalbiblioteket vil ha hovudansvaret for å nytte kompetanse, teknologi og ressursar for å utvikle Biblioteksøk. Det vil vere behov for å stimulere aktørane til å oppgradere teknologisk infrastruktur slik at dei kan delta i ei slik teneste.
I kapitlet vert det òg vist at metadata og katalogdata av god kvalitet er ein føresetnad for å kunne tilby ei teneste som Biblioteksøk. Nasjonalbiblioteket skal arbeide vidare med å forenkle arbeidet med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk av metadata ved andre institusjonar.
For å kunne gje differensiert tilgjenge til digitalt materiale avhengig av kva status den enkelte brukaren har, er det nødvendig med gode tilgangsordningar. Slike autoriseringsløysingar for biblioteka må byggje på dei tenestene som alt er etablerte gjennom Feide i universitets- og høgskulesektoren, og Minside som er etablert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Digitaliseringsspørsmål vert grundig drøfta i stortingsmeldinga om digitalisering. I denne meldinga vert det gjort nærare greie for Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram, som er ei systematisk satsing på å digitalisere norsk publisert innhald i stor skala. Satsinga vert sett i samanheng med satsingar internasjonalt, og det vert gjort greie for nokre andre digitaliseringssatsingar i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i Noreg.
Digitalisering er svært kostnadskrevjande, og det vil også koste mykje å vedlikehalde og drifte det digitaliserte materialet. Det er også knytt varige driftskostnader til digital langtidslagring. Kostnader knytte til å gjere verna materiale digitalt tilgjengeleg er også ein viktig del av reknestykket. Det vert gjort greie for desse problemstillingane på eit overordna nivå i denne meldinga.
Nasjonalbiblioteket samarbeider på ulike måtar med opphavsrettsorganisasjonane for å finne måtar å frigje verna materiale. Gjennom pilotprosjektet om Nordområda er det gjeve allment digitalt tilgjenge til om lag 1400 bøker og tidsskriftartiklar. Gjennom det nye prosjektet Bokhylla.no er det planlagt å digitalisere og gjere tilgjengeleg litteratur frå dei tre tiårsbolkane 1790-åra, 1890-åra og 1990-åra. Ein del av dette materialet er framleis under opphavsrettsleg vern. Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som har fått som mandat å greie ut betalingsmodellar og ei konkret betalingsløysing for å kunne gje ope tilgjenge til materialet.
Avhengig av korleis prosjektet Bokhylla.no utviklar seg, kan det på sikt danne modell for ein avtalelisens for digitalt materiale. Slike lisensar kan utviklast vidare i eit samarbeid mellom samlingsforvaltarar og samlingseigarar og på sikt også omfatte andre typar materiale.
Arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare. Dette arbeidet må vere del av ein overordna strategi for tilgjengeleggjering av digitalt materiale i eit kultur- og kunnskapsperspektiv. Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Eit anna viktig aspekt i arbeidet med å gjere digitalt publisert materiale tilgjengeleg er arbeidet med lisens- og konsortieavtaler. Dette omfattar avtaler om tilgjenge til ulike databasar og tidsskrifter i elektronisk format som særleg fag- og forskingsbiblioteksektoren er avhengige av. I stor grad vil dette gjelde relativt spesialisert utanlandsk fag- og forskingslitteratur, men det vil også kunne gjelde tilgjenge til allmenne digitale kjelder som også den vanlege folkebibliotekbrukar vil ha behov for. I meldinga vert det vist til at det ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt å byggje opp kompetanse på lisens- og konsortieavtaler i enkeltinstitusjonar i biblioteksektoren i Noreg. Departementet vil vurdere korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal utviklast vidare. Det bør også utviklast eit nærare samarbeid om konsortieavtaler i Norden og i Europa.
I meldinga vert det også vist til at det i dag er for få artiklar som vert publiserte i opne institusjonsarkiv, men at institusjonane i universitets- og høgskulesektoren arbeider med å gjere det til eit krav at tilsette skal publisere i desse. Kunnskapsdepartementet har no starta eit arbeid for sjå på korleis ein kan styrkje arbeidet med Open Access i Noreg. Kunnskapsdepartementet har bede Noregs Forskingsråd og Universitets- og høgskolerådet om innspel til korleis dette kan skje. Kunnskapsdepartementet vil vurdere kva prinsipielle avklaringar som bør gjerast, og kva tiltak som kan stimulere til auka bruk av Open Access.
Auka grad av digitalisering opnar for eit større behov for digitale formidlingstenester. Tenester som vert utvikla i dei større samlingsbevarande institusjonane med statleg støtte, må finansierast gjennom tilskotet til desse institusjonane. Når det gjeld andre typar digitale tenester som er utvikla og drifta til dømes i større folkebibliotek, vil det vere nødvendig å nærare vurdere organisering og finansiering. Døme på slike tenester er Ønskebok.no med fleire. Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor få utgreidd ulike modellar for organisering og finansiering av slike digitale tenester.
Departementet vil elles følgje opp Norsk kulturråds arbeid med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig.
Tiltak og strategiar
Nasjonalbiblioteket vil i nært samarbeid med involverte aktørar realisere Biblioteksøk med utgangspunkt i moderniseringsbehov i Norsk samkatalog for bøker, og ei teneste med brukarinitiert fjernlån. Det vil vere behov for å stimulere folkebiblioteka til å oppgradere den teknologiske infrastrukturen slik at dei kan delta i ei slik teneste.
Nasjonalbiblioteket vil forenkle arbeidet med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk av metadata ved andre institusjonar.
Nasjonalbiblioteket vil avklare opphavsrett og personvernspørsmål slik at mest mogeleg av det digitaliserte materialet kan gjerast tilgjengeleg. Prosjektet Bokhylla.no kan på sikt danne modell for ein avtalelisens for digitalt materiale.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre involverte aktørar vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal utviklast vidare, og i særleg grad vurdere samarbeid i Norden og i Europa.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil få utgreidd ulike modellar for organisering og finansiering av digitale tenester i folkebiblioteka.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil følgje opp arbeidet med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig.
2.3 Samarbeid og fordeling av ansvar
Ressursdeling og fjernlånssamarbeid er ryggrada i det nasjonale biblioteknettverket. I kap. 8 vert det gjort nærare greie for dette samarbeidet og omfanget av ressursdeling mellom bibliotektypane. Det vert slått fast at det er eit mål å finne mekanismar som kan styrkje ressursdelinga og samarbeidet mellom biblioteka, ikkje minst med tanke på ein komande forventa auke i det fysiske fjernlånet når Biblioteksøk vert innført. Departementet gjer framlegg om å fjerne tilskotet til Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek, og i staden nytte midlane til å styrkje fjernlånssamarbeidet på andre måtar, som til dømes transportordningar og andre mekanismar som kan styrkje ressursdelinga. Ei vidare utvikling av Nasjonalbibliotekets depotbibliotek vil vere eit viktig tiltak. Alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk, skal også vurderast.
I meldinga vurderer ein framlegget i bibliotekutgreiinga om ei felles biblioteklov for folke- og fagbiblioteka for å styrkje saumlause tenester i biblioteknettverket. Departementet vil ikkje gjere framlegg om ei felles biblioteklov, og vil heller arbeide for å harmonisere lovverket og forskriftene i samarbeid med Kunnskapsdepartementet.
I samband med denne prosessen vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere justeringar i folkebiblioteklova.
I kap. 9 er dei mange utfordringane særleg innanfor folkebiblioteksektoren nærare drøfta. Folke- og fylkesbiblioteka har spesielle utfordringar knytte til forventningar om eit betre bibliotektilbod, samstundes som mange folkebibliotek strevar med å halde eit tilstrekkeleg høgt nivå, både fagleg og personalmessig. Det er grunn til å vere uroa for den kvaliteten på tenestetilbodet som ein i dag får i mange folkebibliotek. Mange kommunar har i dag vanskar med å skaffe fagutdanna biblioteksjef, og mange kommunar har færre enn eitt årsverk i biblioteket. Folkebiblioteka har mange stader ikkje nok ressursar til å gje eit tilfredstillande tilbod.
Det er behov for å opparbeide ny kompetanse i folkebiblioteka innanfor ei rekkje område, ikkje minst leiarutvikling og digital kompetanse. Desse utfordringane vil i framtida krevje tettare samarbeid om bibliotektenestene på tvers av kommunegrensene. I eit slikt samordningsperspektiv vert også framtida for dei tenestene som i dag vert utførte av fylkesbiblioteka, drøfta.
Alle typar bibliotek vil dei komande åra måtte navigere i eit landskap som vil vere prega av sterke innslag av tradisjonelle bibliotektenester kombinert med ein aukande bruk av digital teknologi. I eit slikt blandingslandskap er det viktig å stimulere til eksperimentering og utprøving av nye måtar å skape gode bibliotektenester på. Det vil vere direkte feil å freiste å stake ut fasitløysingar når utvikling og tendensar krev dynamikk, kreativitet og fleksibilitet. Bibliotek som både tek opp i seg dei tradisjonelle kjennemerka og kombinerer dei med det digitale potensialet, vert i somme samanhengar kalla hybridbibliotek. Utan omsyn til kva ein kallar framtidsbiblioteka vil dei måtte utvikle seg i ei kombinasjonsretning.
Kommunane har ansvar for folkebiblioteka, men meldinga drøftar mogelege verkemiddel for å stimulere til meir fleksibel og tenleg organisering av bibliotektenestene på tvers av eksisterande kommunegrenser. Folkebiblioteka vil i framtida ha klare behov for å utvikle dei samla bibliotektenestene. Dette må tuftast både på dei klassiske bibliotekfunksjonane og det digitale potensialet. Styrande for denne utviklinga vil vere dei behova brukarane har for biblioteka som tenesteytarar.
I meldinga vert tiltak som kan styrkje organisatoriske løysingar tufta på samarbeid og samspel innanfor biblioteksektoren lokalt og regionalt, drøfta nærare. Dette omfattar konkret samarbeid om drift av biblioteka eller eit tettare samarbeid om viktige utviklingsspørsmål for biblioteka, som kompetanseutvikling, spesialisering og ansvarsdeling av bibliotektenester. I tida framover vil departementet medverke til å setje fart i samarbeidet mellom biblioteka, og stimulere til samordning av bibliotektenester regionalt og lokalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis i til dømes vertskommunemodellen, slik ABM-utvikling nyleg har sett i verk utgreiingar om.
I meldinga vert det vist til at fylkesbiblioteka er svært ulike, og at det i ulik grad er teke grep for å utvikle biblioteksektoren i dei enkelte fylka. Dagens lovkrav om at kvar fylkeskommune skal ha eit fylkesbibliotek vert drøfta, og det vert konkludert med at i den komande revisjonen av biblioteklova bør ein fjerne dette kravet, og i lovteksten heller leggje vekt på dei oppgåvene som må løysast på fylkeskommunalt nivå, og ikkje kva institusjon som skal løyse dei.
For å styrkje samarbeidet mellom staten og fylkeskommunane om bibliotekutvikling, gjer departementet framlegg om ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler. Føremålet er å forankre nasjonale målsetjingar regionalt og lokalt, kanalisere statlege satsingar meir effektivt og målretta, og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar.
I kapitlet vert også dagens kompetansekrav i biblioteklova og behovet for eit kompetanseløft i heile biblioteksektoren drøfta. Det vert konkludert med at dispensasjonsordninga er statisk og lite framtidsretta. Ulike alternativ vert drøfta. Departementet vil kome attende til spørsmålet om ein skal halde fram med kompetansekravet og dispensasjonsordninga i den komande revisjonen av biblioteklova.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil elles i fellesskap vurdere kva for tiltak som er nødvendige for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Det ligg no føre eit utkast til rammeprogram for eit kompetanseutviklingsprogram som kan danne eit godt grunnlag for vidare politikkutforming. Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil også vurdere nærare behovet for å evaluere grunnutdanninga i bibliotekfag på ny.
Ansvaret på nasjonalt nivå for å samordne og utvikle bibliotekfeltet både mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet, mellom dei ulike forvaltningsnivåa, og på tvers av arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet er også ein viktig del av samarbeids- og samordningsperspektivet. I kap. 10 vert evalueringa av ABM-utvikling gjennomgått, og det vert drøfta korleis ein kan styrkje potensialet for eit auka tverrsektorielt samarbeid.
I meldinga vert det halde fast ved at det også i framtida vil vere nødvendig både å syte for betre samordning og samarbeid internt i biblioteknettverket, støtte utviklingsarbeid i folkebibliotek og tenkje fellesløysingar og samarbeid på tvers av arkiv-, bibliotek- og museumssektorane. Det er behov for å gjennomgå retningslinene til ABM-utvikling, for å tydeleggjere institusjonens ansvar og oppgåver. Eit viktig siktemål vil vere å klargjere grensedraginga mellom ABM-utvikling og dei samlingsforvaltande institusjonane på abm-feltet. Departementet vil, i samråd med relevante departement og styret for institusjonen, vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.
Som det er gjort nærare greie for i digitaliseringsmeldinga, vil departementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Rådet skal løpande vurdere dei overordna strategiane for digitalisering med sikte på å kome med framlegg som medverkar til ei heilskapleg digital samlingsforvaltning. Rådet skal gje innspela sine til Kultur- og kyrkjedepartementet. Departementet vil utarbeide mandat for rådet.
Ei viktig oppgåve framover vil vere å styrkje statistikk- og analysearbeidet. Dette inkluderer også å følgje med på og å formidle kva som skjer internasjonalt når det gjeld kunnskapsutvikling på feltet. Det skal utviklast ulike former for indikatorar for kva som konstituerer god tenesteutøving både i arkiv, bibliotek og museum. Med utgangspunkt i indikatorar og spesielle kartleggingsprosjekt skal det utarbeidast oppdaterte tilstandsrapportar om arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.
Det vert slått fast at det er behov for å utvikle klarare nasjonale mål og betre samarbeidsliner slik at dei samla tenestene som biblioteknettverket gjev, er av høgast mogeleg kvalitet. Samstundes er det behov for betre dialog og klarare forventingar og forpliktingar mellom forvaltningsnivåa slik at ressursar og satsingar vert kanaliserte og utvikla på ein optimal måte.
Departementet meiner òg at det er behov for å styrkje den generelle FoU-aktiviteten på abm-feltet. Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere eit samarbeid om forskings- og utviklingsaktivitetar på tvers av sektorane.
Tiltak og strategiar
Statstilskotet til Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek vil verte fjerna. I staden vil departementet vurdere andre tiltak som kan medverke til å styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet i biblioteknettverket. Ei vidare utvikling av Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket vil vere eit viktig enkelttiltak. Det vil også bli teke initiativ til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk.
Det vert utarbeidd nye, felles retningsliner for lånesamarbeid, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebiblioteklova § 3.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil harmonisere lovverket for folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek for å styrkje samarbeidet mellom biblioteka.
I ein prosess for å harmonisere lovverket på bibliotekfeltet vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere justeringar i folkebiblioteklova.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen.
Det skal etablerast ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler om bibliotekutvikling mellom staten og fylkeskommunane som verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere kva for tiltak som er nødvendige for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Eit samla kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren vil verte vurdert.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere behovet for å evaluere grunnutdanninga i bibliotekfag på ny.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med relevante departement og styret for ABM-utvikling vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.
Det skal utviklast eit samla grep når det gjeld kartleggingar og analysar av abm-feltet. Dette skal kunne gje samla tilstandsrapportar om abm-feltet som kan tene som grunnlag for å vurdere vidare politikkutforming.
For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning av digitaliseringsarbeidet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Departementet vil utarbeide mandat for rådet.
Kompetanse på opphavsrett og personvern skal samlast i Nasjonalbiblioteket og i Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til andre abm-institusjonar ved behov.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere eit samarbeid om forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.
2.4 Biblioteket som møtestad, lærings- og kulturarena
Vidare har alle bibliotek, og særleg folkebiblioteka, ein dimensjon som legg vekt på biblioteket som møtestad, lærings- og kulturarena.Dette perspektivet er spesielt viktig med tanke på bibliotek som eit fysisk rom. Fordi dei skal fungere som læringsarena for forskarar, studentar og andre brukarar, har fagbiblioteka spesielle utfordringar. Skulebiblioteka og folkebiblioteka har både utfordringar og eit stort potensial når det gjeld leselyst, lesestimulering og kulturformidling.
I kap. 11 vert det vist til at bibliotekrommet i stor grad vert nytta både som møtestad, læringsarena og sosial arena. Både i folkebiblioteka og i biblioteka i utdanningssektoren ser ein at aktivitetane kjem inn i større monn. Biblioteka har på mange måtar endra rolle frå å vere rom for individuell fordjuping til å vere rom for aktivt fellesskap, og det fysiske biblioteklokalet har kvalitetar som ikkje utan vidare kan erstattast av digital distribusjon av informasjon. Den sosiale møtestaden for alle representerer ein kvalitet som må utviklast.
I meldinga vert tiltak som kan styrkje biblioteket som ein stad for oppleving, læring og kunnskapssøk drøfta nærare. Det er lagt til grunn at folkebiblioteket i større monn enn i dag bør kunne gå inn i ei sentral rolle for heile det lokale kulturfeltet. Utviklinga av folkebiblioteket både som digital tenesteformidlar og som ein fysisk møtestad understrekar at kommunane bør tenkje både samhandling og samlokalisering for dei aktivitetane og oppgåvene som dei utfører på heile kulturfeltet. I særleg grad må folkebiblioteka vere lett tilgjengelege der folk ferdast, og dei kan også gjerne vere integrerte eller samlokaliserte med kjøpesenter, kino, togstasjon, kulturskular, museum eller andre arenaer.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vidareutvikle biblioteka som offentleg møtestader og arbeide for å synleggjere og framheve bibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap. Ei ordning med modellbibliotek vil verte nærare konkretisert. Departementet vil også vurdere å etablere eit prosjekt for å styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar, og stimulere til breiare samarbeid og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet.
Biblioteket som læringsarena kan definerast ut frå at mange brukar biblioteket som arbeids- og studiestad, men også at dei brukar tid på å lese, bla i og orientere seg i samlingane. Medan biblioteka i utdanningssektoren er viktige bidragsytarar for den formelle læringa, er folkebiblioteka særleg viktige for den uformelle læringa gjennom å gje fritt tilgjenge til kunnskap og informasjon. Folkebiblioteket kan vere ein stor ressurs og samarbeidspartnar i lokale strategiar for utdanning, læring og kompetanse- og næringsutvikling.
I meldinga vert det streka under at folkebiblioteka kan vere viktige arenaer for digital kompetanse. ABM-utvikling har med støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet fått midlar til å utvikle biblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet vil kunne leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek.
Skulebiblioteket er læringsarena for barn og unge i grunn- og vidaregåande skule. Kunnskapsdepartementet har sett i verk eit nasjonalt program for skulebibliotekutvikling for perioden 2009–2012. Programmet omfattar tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk og samarbeid.
I kapitlet vert også biblioteka som arena for leselyst og lesedugleik for både barn, unge og vaksne, drøfta. Det vert understreka at biblioteket har stort potensial for å samarbeide med både skule og barnehage om å utvikle leselyst og lesedugleik. Det vert gjort framlegg om å utnemne Norsk forfattersentrum som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt leseår, som start på eit leseløft i perioden 2010–2014 retta mot både barn, unge og vaksne. Dette vil i stor grad handle om å etablere ei nasjonal ramme for dei mange ulike lesesatsingane som i dag skjer i regi av ulike aktørar. Departementet vil vidare undersøkje nærare om det er behov for ordningar som kan medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.
Endeleg vert spørsmålet om å opprette ei artotekordning, ei ordning for utlån av kunst i norske bibliotek, nærare drøfta.
Tiltak og strategiar
For å vidareutvikle biblioteka som offentleg møtestad og synleggjere folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap, vil Kultur- og kyrkjedepartementet opprette ei ordning med modellbibliotek.
For å stimulere til breiare samarbeid og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit eige prosjekt som kan styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar og møtestad for grupper som i dag i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv.
ABM-utvikling har fått støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet for å utvikle biblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet vil kunne leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek.
Frå 2010 vil fylkeskommunane forvalte meir av spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur. Departementet vil utarbeide nye retningsliner for bruken av midlane.
Kunnskapsdepartementet har sett i verk eit nasjonalt program for skulebibliotekutvikling for perioden 2009–2012. Programmet omfattar tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk og samarbeid.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje leselyst og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt leseår, som start på eit leseløft i perioden 2010–2014 retta mot både barn, unge og vaksne.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil undersøkje nærare om det er behov for ordningar som kan medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.
2.5 Bibliotektenester til alle
Bibliotektenester til det samiske folket, nasjonale minoritetar og andre minoritetsspråklege er nærare omtalt i kap. 12. Etter biblioteklova har folkebiblioteka ansvar for å gje eit tilfredstillande tilbod til minoritetsspråklege i sine kommunar. Mange gjer eit godt arbeid, og departementet vil understreke at dette arbeidet må halde fram. Mange folkebibliotek har likevel ikkje kompetanse, eller mange nok innbyggjarar med andre morsmål enn norsk, til å gje eit breitt nok tilbod. Staten skal difor medverke til at minoritetsspråklege får bibliotektenester. Departementet vil understreke at Det flerspråklige bibliotek er eit viktig nasjonalt kompetansesenter og ein unik nettverksbyggjar i nasjonal samanheng. Biblioteket har funksjonar og relevans for dei minoritetsspråklege i alle landets kommunar, og dette bør utviklast i tida framover.
Sametinget undersøkjer no om det vil vere mogeleg å innføre ei innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha. Departementet vil sjå til at det samiske perspektivet vert innarbeidd i nasjonale satsingar på bibliotekområdet. Departementet vil også vidareføre den noverande ordninga med statstilskot til Finsk bibliotekteneste, og vil vurdere norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk kultursamarbeid.
Biblioteka har ei tosidig oppgåve i det fleirkulturelle samfunnet. På den eine sida skal biblioteka gjere sitt til inkludering gjennom litteratur- og kunnskapsformidling, og på den andre sida skal dei formidle kunnskap om breidda av det kulturelle mangfaldet i Noreg. For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald er det behov for meir utviklingsarbeid og kompetansehevande tilbod. Det bør også satsast meir på forsking for å undersøkje potensialet som ligg i biblioteket som ein aktiv møtestad og samfunnsmessig brubyggjar.
Kap. 13 omhandlar tilrettelagd litteratur og bibliotektenester i fengsel og i helseinstitusjonar. Det er eit mål at både dei fysiske biblioteka og dei tenestene som biblioteka tilbyr, skal vere tilgjengelege for alle. Dette er eit viktig perspektiv som må byggjast inn i alle planar for å utvikle biblioteka i framtida. Arbeidet som vert utført i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, er av stor verdi og skal utviklast vidare.
Dei siste åra er det gjort mykje godt arbeid for å utvikle bibliotektenester i fengsla, men det vil framleis vere behov for å styrkje tenestene ved nokre av dei eksisterande fengselsbiblioteka. Departementet vil følgje opp plan for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt bibliotektilbod.
Departementet viser til at vi i dag har eit mangfald av helseinstitusjonar på ulike forvaltningsnivå, og at dei ulike målgruppene ved institusjonane har ulike behov. Departementet meiner at det i framtida særleg må leggjast vekt på å sikre bibliotektilbodet til barn og unge, langtidspasientar og pasientar innan rehabilitering. Departementet meiner at ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar bør leggjast til helsevesenet.
Tiltak og strategiar
Kultur- og kyrkjedepartementet vil syte for at det samiske perspektivet vert vareteke i nasjonale satsingar på bibliotekfeltet.
Nasjonalbiblioteket vil arbeide vidare med å utvikle ein felles samisk bibliografi i samarbeid med dei andre nordiske nasjonalbiblioteka og eventuelt det russiske nasjonalbiblioteket.
Sametinget vil undersøkje om det skal innførast ei innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha.
For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje og utvikle Det flerspråklige bibliotek som eit nasjonalt kompetansesenter for bibliotektenester til minoritetspråklege. Biblioteket kan i aukande grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt og nettverksarbeid.
Norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes vil verte vurdert innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk kultursamarbeid som vart signert i januar 2009. Det flerspråklige bibliotek ved Deichmanske i Oslo vil framleis ha det nasjonale ansvaret for russiske bibliotektenester.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil sjå til at produksjonsnivået ved NLB vert halde oppe, og at tenestene vert utvikla i takt med den teknologiske utviklinga.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil fullføre planen for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt bibliotektilbod.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil overføre ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar til helsevesenet.