Del 3
Drøftingar, vurderingar og tiltak
7 Kunnskapsallmenning i ei digital tid
7.1 Innleiing
Biblioteka har ansvaret for viktige delar av dei fysiske og digitale kunnskaps- og informasjonsressursane i samfunnet på vegner av fellesskapen. Dei skal skape breitt tilgjenge til informasjonskjeldene og leggje til rette for bruken av dei. Dette er eit oppdrag som biblioteka har til felles med arkiva og musea. Ny teknologi har opna for nye måtar å skape, ta vare på og formidle kultur og kunnskap. Nye digitale tenester vert sydde etter brukarane sine mål, ikkje etter institusjonane eller fagmiljøa. Dette kan føre til store endringar for abm-institusjonane og etter kvart omforme korleis dei samhandlar med brukarane.
Overgangen frå trykte til digitale kjelder verkar inn på korleis ein skal utvikle bibliotektenestene vidare. Dette nye og spanande handlingsrommet vert ofte illustrert med korleis digital teknologi kan lette alle funksjonane i bibliotekarbeidet. Det digitale innhaldet er meir tilgjengeleg for fleire uavhengig av opningstider i eit fysisk biblioteklokale. Brukarane kan få tilgjenge til digitalt innhald heime, eigentleg utan å gå vegen om biblioteket. Digital teknologi kan gjere det enklare å ta vare på alle typar dokument, og ved å digitalisere originaldokument kan dei sparast for øydeleggjande bruk.
Den digitaliseringsoptimistiske oppfatninga av framtidsbiblioteket må likevel balanserast med ein del grunnleggjande tilhøve som biblioteka må hanskast med på ein eller annan måte. For det første har biblioteka eit forvaltnings- og formidlingsansvar for eit stort volum av tradisjonelle informasjonsberarar. Dette materialet skal forvaltast og formidlast på ein forsvarleg måte i mange år framover. For det andre vil det ta mange år berre å digitalisere delar av det materialet som i dag eksisterer på tradisjonelle medium, og kriterium for prioritering av utval må kontinuerleg vurderast. For det tredje vil det ta mange år før alle i det norske samfunnet vil ha så omfattande bruk av digitale medium at ein kan seie at heile samfunnet samhandlar på ei digital plattform når det gjeld informasjonsinnhenting.
Det er eit mål at brukarane skal få digitalt tilgjenge til den informasjonen dei opplever som mest relevant og interessant for dei. Det unike og verdfulle for ein brukar, ligg like gjerne i museet som i Nasjonalbiblioteket eller Arkivverket. Jamvel om det aller meste av publisert materiale og mykje anna vil vere å finne i Nasjonalbiblioteket, og eldre statlege arkiv forvalta av Arkivverket, gjer det seg gjeldande ein fragmentert bevaringssituasjon for kommunale arkiv, privatarkiv, foto og ikkje minst for gjenstandsmateriale i musea. Dette tilseier at abm-institusjonane må delta med sitt innhald, sin kunnskap og sine tenester i eit framtidig tenestetilbod.
Digitaliseringsmeldinga går nærare inn på spørsmål om korleis ein kan samarbeide for å digitalisere, formidle og lagre materiale i norske arkiv, bibliotek og museum. Hovudretninga på digitaliseringsmeldinga er nettopp korleis brukarane skal få samordna tilgjenge til kultur og kunnskap frå mange ulike institusjonar og sektorar.
Hovudperspektivet i dette kapitlet er dei digitale utfordringane for biblioteka, men med eit sideblikk også til arkiv- og museumsfeltet. Innleiingsvis vert det gjort greie for resultata frå innsatsprogrammet Norsk digitalt bibliotek 2003–2008 og det internasjonale bakgrunnsteppet gjennom tiltak som European Digital Library (EDL) og Europeana. I kapitlet vert det elles gjort greie for det arbeidet Nasjonalbibliotekets og ABM-utviklings utfører for å realisere ei teneste med felles søk i bibliotekkatalogane og ei teneste med brukarinitiert fjernlån. Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram og utfordringar knytte både til langtidslagring og tilgjengeleggjering av dette materialet vert kort drøfta. Vidare vert utviklinga av e-boka og verknaden dette har for innkjøpsordningane omtala, og det vert gjort greie for arbeidet med lisensar og konsortieavtaler som i særleg grad universitets- og høgskulesektoren er avhengig av. Eit verkemiddel som nasjonale lisensar og ein aukande bruk av opne institusjonsarkiv vert omtala. Avslutningsvis vert digitale tenester og digital formidling av musikk nærare drøfta.
7.2 Eit digitalt innsatsprogram
Det digitale perspektivet var sentralt i St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving (abm-meldinga).I denne meldinga vart det peika på at utviklinga av eit digitalt bibliotek vil vere ei stor fagleg og organisatorisk utfordring, og at det vidare arbeidet med digitalisering av kulturarvsmateriale må planleggjast meir heilskapleg enn før. I St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 vart det frå statens side gjort klart at ein også må sjå digitalisering av kulturarvmateriale i abm-institusjonar i samanheng.
Eit innsatsprogram vart etablert i 2003 etter tilråding frå ei arbeidsgruppe nedsett av ABM-utvikling. Arbeidsgruppa tilrådde innsats på områda innhald, metadata, tenester og infrastruktur. Visjonen var at:
Norsk digitalt bibliotek skal gje alle enkelt tilgjenge til digital informasjon og kunnskap.
Arbeidsgruppa definerte «digitalt bibliotek» slik:
Ei organisert samling av tenester og innhaldsressursar som gjev brukarane tilgjenge til informasjon på digital form gjennom eit datanett. Tilgjenget kan også gjelde ikkje-digitalt innhald.
Som svar på oppfordringane i kulturmeldinga til å sjå digitalisering av kulturarven i samanheng, oppretta ABM-utvikling ei ekstern arbeidsgruppe for digitalisering. Arbeidsgruppa gjennomførte ei kartlegging av omfanget av digitalisert materiale i abm-sektoren, og utarbeidde framlegg til strategiar for digitalisering, digital bevaring og digital formidling i abm-sektoren, jf. rapporten Kulturarven til alle (ABM-utvikling 2006).
Målsetjingane med innsatsprogrammet var i utgangspunktet å syte for basisen i eit norsk digitalt bibliotek, og å samordne og stimulere til samarbeid om utvikling av bibliotektenester. Basis må i denne samanhengen forståast som ulike nasjonale strukturar og ordningar som er føresetnader for eit digitalt bibliotek.
Dette omfattar til dømes
ein felles nasjonal digital infrastruktur
val av standardar
nasjonale lisensar på viktige informasjonsressursar
ei ordning for ressursdeling og nasjonal medieforsyning
ein effektiv og samordna produksjonsprosess for metadata
tilfredsstillande driftsmodellar for nasjonale tenester
samarbeid om nokre få sentrale digitale tenester som søkjetenester, formidlingsportalar og rettleiings- og spørjetenester
Innsatsprogrammet har ikkje oppfylt alle måla, men det er likevel gjort ein del godt grunnlagsarbeid som kan nyttast vidare. Gjennom programmet er det utvikla nokre digitale tenester og digitalt innhald. Det er også spesifisert eit rammeverk for eit digitalt bibliotek med tilrådingar om metadataformat, søkjeprotokollar, systemarkitekturar og identitetsforvaltning. Nasjonalbiblioteket, som tok del i utforminga av dette rammeverket, har lagt desse tilrådingane til grunn i vidareutviklinga av det digitale nasjonalbiblioteket (NBDigital)
Programmet har på mange måtar vist at fleire utfordringar framleis må handterast før ein når målet om å gje breitt tilgjenge til både fysiske og digitale kunnskapskjelder gjennom eit digitalt bibliotek. Desse utfordringane er knytte til organisering, økonomi, samarbeidsrelasjonar, jus/lovverk, infrastruktur og teknologi. Ein viktig føresetnad for saumløyse er god felles infrastruktur. Eit viktig krav er at biblioteksystema må kommunisere med kvarandre og følgje vedtekne standardar. Når det gjeld fysisk infrastruktur, er effektiv distribusjon av fysisk materiale svært viktig.
7.3 Metadata og standardar
Metadata er ei fellesnemning for alle former for data som vert nytta til å støtte forvaltning, gjenfinning og bruk av dokument og informasjon. Døme på metadata om ein publikasjon er opplysningar om forfattar, tittel, illustratør, publiseringsår og emneord.
Sjølv om dagens teknologi for informasjonsgjenfinning gjer det mogeleg med automatisert indeksering av heile dokument, vil metadata også i framtida vere viktig for å organisere og finne att informasjon. Metadata av god kvalitet er ein viktig føresetnad for å kunne tilby fungerande digitale søkjetenester.
Dei fleste former for metadata er strukturerte i ulike metadataformat. Eit metadataformat kan definerast som eit sett reglar for å skildre dokument. For å støtte utveksling av metadata mellom system og databaser, må dei som skal utveksle metadata vere einige om metadataformat og protokoll for å eksportere og importere metadata.
Digitalisering av innhald og katalogar krev standardar, format og retningsliner på nasjonalt nivå på dette området, for å sikre at dei ulike systema kan kommunisere seg imellom, noko som igjen er kritisk i løysingar som felles søk og andre digitale innhaldstenester. Her må internasjonale standardar leggjast til grunn.
St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet trekkjer opp dei overordna linene for arbeidet med IKT-arkitektur, felleskomponentar og IKT-standardar i offentleg sektor. Det er oppretta eit breitt samansett standardiseringsråd som utarbeider ein referansekatalog med retningsliner for bruk av standardar i offentleg sektor. Referansekatalogen skal etter kvart omfatte både tekniske, semantiske og organisatoriske standardar.
Boks 7.1 EU-satsingar på digital formidling av kulturarven
The European Library (TEL) er ein portal til samlingane i nasjonalbiblioteka i Europa. Standardar og teknologiske løysningar frå TEL er seinare lagt til grunn for utviklinga av European Digital Library (EDL), som var eit EU-prosjekt i perioden 2006–2008 under eContentplus programmet. Prosjektet vart koordinert av Det tyske nasjonalbiblioteket. Målet med programmet var å gje felles tilgjenge til dei elektroniske ressursane til nasjonalbiblioteka i Belgia, Hellas, Island, Irland, Liechtenstein, Luxemburg, Noreg, Spania og Sverige. Dette arbeidet var grunnlaget for etableringa av Europeana i 2008.
www.theeuropeanlibrary.org
Europeana er ein felles inngang til innhald og tenester frå arkiv, bibliotek og museum i Europa. Her skal brukarane finne opplysningar om bøker, aviser, artiklar, kart, lydopptak, foto, arkivtilfang, målarstykke og gjenstandar med meir. Brukarane og informasjonen står i sentrum i eit utvida arkiv-, bibliotek- og museumsperspektiv. Ei rekkje institusjonar har medverka med materiale fram til opninga. Mellom desse institusjonane er også det norske Nasjonalbiblioteket.
Innhaldet i Europeana skal auke snøgt i åra som kjem. Arbeidet med Europeana har ført til eit omfattande fokus på standardar og interoperabilitet. Det har òg ført til meir samarbeid mellom sektorane, og det har sett søkjelyset på oppgåver som må løysast for at nye steg kan takast til beste for brukarane. EU-kommisjonen har løyvt nærare 120 mill. euro til prosjektet i perioden 2009–2010. 69 mill. kjem frå EUs forskingsprogram og skal øyremerkast digitalisering og utvikling av digitale bibliotek. 50 mill. euro frå programmet for konkurransekraft og innovasjon skal gå til tiltak for å betre tilgjenget til kulturelt innhald.
www.europeana.eu
Europeana Local er eit EU-prosjekt under eContentPlus i perioden 2008–2011. Prosjektet er sikta mot å involvere og hjelpe lokale og regionale bibliotek, museum, arkiv og audiovisuelle arkiv i Europa til å gjere materialet sitt tilgjengeleg gjennom Europeana. 27 land og 32 partnarar deltek i prosjektet og budsjettet er på om lag 40 millionar kroner. ABM-utvikling, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Avinet Leikanger er norske partnarar i prosjektet.
www.europeanalocal.eu
I digitaliseringsmeldinga vert det drøfta korleis ein skal samordne arbeidet med metadata og standardar på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. Det vert gjort framlegg om å opprette eit eige koordineringsråd for abm-feltet, som òg skal samarbeide med Standardiseringsrådet.
7.3.1 Samkatalogen og Nasjonalbibliografien
Norsk samkatalog for bøker er i dag den største databasen over metadata i norske bibliotek. Samkatalogen vert organisert av Nasjonalbiblioteket og inneheld i dag referansar til både norsk og utanlandsk materiale i 329 fagbibliotek (inkludert BIBSYS-biblioteka), 45 fylkes- og folkebibliotek og dei norske institutta i Aten og i Roma. Om lag halvparten av det inkluderte materialet er trykt etter 1983. Per 1. januar 2009 består Samkatalogen av om lag 4,26 mill. unike postar.
Boks 7.2 BAM-portalen i Tyskland
BAMer ein tysk portal der brukarane kan finne relevant materiale frå arkiv, bibliotek og museum gjennom eitt og same søk. I dag omfattar BAM 38 millionar datapostar. Eit spesielt trekk ved BAM-søket er at det som eit forsøk koplar oppslagsord i Wikipedia direkte til søk i BAM-portalen. Heimesida finst på http://www.bam-portal.de/.
I dag er registrering av metadata i Samkatalogen basert på at biblioteka gjer dette friviljug gjennom at deltakarbiblioteka inngår avtale med Nasjonalbiblioteket om å levere katalogdata, og å stille samlingane til rådvelde for andre bibliotek. Det er bibliotekarane i det enkelte biblioteket som har ansvaret for å registrere materialet. Dette vert gjort ved hjelp av ulike katalogiseringsverktøy i dei ulike biblioteksystema.
Arbeidet med Samkatalogen viser at metadata som vert leverte frå kjeldene, er av svært varierande kvalitet. Samlingane vert katalogiserte (registrerte i databasar) på ulike måtar av biblioteka, sjølv om det ligg ein felles standard til grunn. Ulik registreringspraksis skaper store utfordringar når ein skal få på plass felles søkjeløysingar.
Nasjonalbibliografienskal gje bibliografisk dokumentasjon av alt materiale som fell inn under pliktavleveringslova. Nasjonalbibliografien skal også dokumentere verk utgjevne i utlandet av norske opphavsmenn. Nasjonalbiblioteket har hatt ansvaret for Nasjonalbibliografien sidan 1999, og tidlegare låg ansvaret hos Universitetsbiblioteket i Oslo. Nasjonalbibliografien er allment tilgjengeleg på nett, og både søking i postane og import av postane til eige system er gratis. Det er ikkje lovleg å laste ned postane til kommersielt føremål utan særskilt løyve.
Nasjonalbiblioteket har i februar 2009 inngått ei avtale med Biblioteksentralen om kjøp av katalogpostar, inkludert klassifikasjonsnummer. Avtala omfattar bøker og lydbøker, men kan utvidast til andre materialtypar dersom partane ønskjer det. Katalogpostane er også tilgjengelege for andre BIBSYS-bibliotek. Avtala inneber også ei samordning av katalogiserings- og klassifikasjonspraksis, noko som betyr at det meste av norsk forlagslitteratur no vert katalogisert og klassifisert ein gong for dei fleste norske folke- og fagbibliotek. I tillegg vil regelverket bli praktisert på same måten i dei to institusjonane som er dei mest sentrale i produksjonen av katalogdata i Noreg.
7.3.2 Søk i bibliotekkatalogane
Dei fleste norske bibliotek har i dag ei nettside med diverse informasjon og ein elektronisk mediekatalog, tilgjengeleg og søkbar frå heimesida. Nettsida kan òg gje større eller mindre rom for interaksjon og dynamikk. Bibliotekstatistikken i 2007 viser at 90 prosent av folkebiblioteka og 87 prosent av biblioteka i vidaregåande skule har mediekatalogen tilgjengeleg på nett.
I tillegg til mediekatalogar for enkelte bibliotek finst det i dag også enkelte overbyggingstenester som søkjer i fleire bibliotek samstundes. Døme på slike tenester er regionale søk, som søkjer i alle mediekatalogane innanfor ein region/fylke. Desse tenestene er gjerne avgrensa til enkelte biblioteksystem og bibliotektypar, men det finst også tenester som kryssar systemgrenser og bibliotektypar. Eit døme er Bibliotekportalen Oppland som tilbyr samla tilgjenge til alle bibliotekkatalogane i Oppland, inkludert katalogane til høgskulebiblioteka og biblioteka på vidaregåande skule. På fagbiblioteksida rår BIBSYS grunnen åleine som katalogteneste med ein sentralisert mediekatalog over den samla bestanden i alle fag- og forskingsbiblioteka, søkbar over Internett ved tenesta Bibsys Ask.
Dei fleste forskingsbiblioteka i universitets- og høgskulesektoren abonnerer på fleire tusen elektroniske tidsskrifter, mange i digital fulltekst. Som vegvisar gjennom dei mange databasane og tidsskriftene har dei største forskingsbiblioteka i universitets- og høgskulesektoren utvikla såkalla bibliotekportalar, som også tilbyr søk etter enkeltartiklar og direkte tilgjenge til fulltekst dersom abonnementet dekkjer dette. Dei 4 største universitetsbiblioteka har gått saman om ein bibliotekportal, Uniport, som gjev tilgjenge til dei samla elektroniske ressursane (lisensierte) til Universitetsbiblioteket i Oslo (UBO), Universitetsbiblioteket i Bergen (UBB), Universitetsbiblioteket i Tromsø (UBTø) og Universitetsbiblioteket i Trondheim (UBIT).
Biblioteksøk
Ei teneste som gjer det mogeleg å søkje i alle landets bibliotek, har lenge vore etterspurt i Noreg. Andre nordiske land har etablert tenester som til dømes bibliotek.dk, bibliotek.se og biblioteken.fi. I 2008 har Nasjonalbiblioteket gjennomført eit forprosjekt saman med ABM-utvikling for å greie ut korleis ei slik teneste kan etablerast også i Noreg. Første fase i prosjektet Biblioteksøk er no gjennomført.
Prosjektet er basert på innhausting av metadata frå bibliotekkatalogane, og målet er i første omgang å erstatte Samkatalogen med eit nytt fellessøk i alle norske bibliotekdatabasar. I neste fase av prosjektet skal søket utvidast slik at brukaren kan tinge materialet han eller ho treng direkte frå trefflista. Brukaren kan sitje heime, på arbeidsstaden sin, i biblioteket eller ein annan stad og bruke tenesta. Materialet kan anten sendast til næraste bibliotek eller direkte heim til brukaren. Det kan i prinsippet leverast til eit valfritt bibliotek, eller sendast til det biblioteket det kom frå. Dersom element i trefflista er direkte tilgjengelege for brukaren i fulltekst, kan dette gjerast synleg for brukaren.
Eit slikt system kan også utvidast med funksjonalitet som kan la brukaren administrere sine eigne lån, og leggje inn profilar over materiale som ein er særleg interessert i, slik at ein kan få beskjed når materialet er å finne i næraste bibliotek. Funksjonaliteten kan gje brukaren høve til å låne materialet der det finst. Denne tenesta kan etablerast på ein slik måte at den også lett kan nyttast via andre portalar og tenester. Dette vil seie at både Bibsys, portalane ved universiteta eller til dømes Store norske leksikon på nett lett skal kunne integrere Biblioteksøk i sine tenester. Etter forprosjektet er det konkludert med at ei slik teneste kan la seg samordne ved å vidareutvikle det verktøyet Nasjonalbiblioteket nyttar for søk i eige materiale.
For å kunne delta i ei teneste som felles søk med bestillingsfunksjon, er det ein føresetnad at biblioteka kan leggje sine katalogdata til rette for automatisk innhausting til ein felles nasjonal base over metadata. Dette inneber at katalogsystema til biblioteka vert utvida med modular som støttar dei standardiserte protokollane for innhenting av metadata og formidling av fjernlån. Det er førebels ikkje estimert kva det vil koste å oppgradere heile biblioteksektoren, slik at data kan haustast inn og danne grunnlag for felles søk i alle biblioteka.
Nasjonalbiblioteket meiner at dersom samspelet med leverandørane av katalogsystem til norske bibliotek er godt, kan ei første løysing som erstattar dagens samkatalog vere på plass etter ein utviklingsperiode på om lag eitt år. Etter ytterlegare eitt år kan funksjonalitet som gjer det mogeleg for ein brukar å tinge fjernlån direkte frå systemet, vere ein realitet. Samstundes bør det vere mogeleg å tilby tenesta til andre portalar, som lett kan integrere tenestene i sine eigne løysingar. Etter den første utviklingsperioden kan ytterlegare funksjonalitet utviklast i samarbeid og i dialog med brukarane.
7.4 Autorisasjons- og identitetsforvaltning
Ei teneste som felles søk i bibliotekkatalogane kan gje tilgjenge til informasjon om kva for fysisk materiale som finst i ulike bibliotek, høve til å tinge dette direkte og etter kvart også få tilgjenge til materiale i digital fulltekst. Målet er at brukaren ved å logge seg inn eingong får tilgjenge til alt innhald han har rett til som student, som tilsett og som folkebibliotekbrukar. Av økonomiske og opphavsrettslege årsaker må tilgjenget til ein del av det digitale materialet vere ulikt og avhengig av brukarstatus.
Prosjektet Nasjonalt lånekort starta opp 15. mars 2004 som eit felles initiativ frå Nasjonalbiblioteket og biblioteksystemleverandørane ALEPH, Bibliofil, Bibsys, Mikromarc og Tidemann. Tiltaket fekk prosjektstøtte frå ABM-utvikling. Hovudmålet for prosjektet har vore å utvikle ei løysing for eit nasjonalt lånekort basert på eit felles, sentralt låneregister for personlege lånarar i Noreg, å leggje til rette for at ein på sikt skal kunne låne i alle bibliotek i heile landet med eitt lånekort, og å gjere det enklare for biblioteka å samarbeide om registrering og vedlikehald av lånarinformasjon.
Nasjonalt lånekort vart lansert i oktober 2005. Løysinga vert drifta av Bibliotek-Systemer AS med basis i ei tenesteavtale mellom biblioteksystemleverandørane. Prosjektet vart formelt avslutta 4. november 2005, og den enkelte systemleverandøren er no kontaktpunktet for løysinga mot sine kundar. I dag vert Felles lånekort nytta av om lag 580 fag- og folkebibliotek, og det er gjeve ut om lag 300 000 lånekort med om lag 400 000 bibliotektilknytingar sidan hausten 2005.
I ei digital tid vil det vere nødvendig å utvikle «lånekort» som byggjer på dei etablerte offentlege autorisasjonsordningane (Public Key Infrastructure). Feide og Minside kan i denne samanhengen tene som døme.
Feide (Felles elektronisk identitet) er ei nasjonal rollebasert ordning for identitetsforvaltning for utdanningssektoren. Så godt som alle institusjonane i høgare utdanning har Feide, og etter planen skal alle i skule-Noreg ha Feideidentitet før utgangen av 2010. Konseptet går ut på at kvar brukar får eit brukarnamn av sin lærestad som kan nyttast i heile sektoren. Same brukarnamnet verkar overalt, både ved eigen institusjon og ved nasjonale fellestenester, med same passord eller sertifikat. I tillegg til å identifisere brukaren, gjer Feide det også mogeleg å handtere tilgjenge til materiale som krev klarering av rettar. Feide starta som eit norskutvikla, proprietært system, men i den versjonen som er i bruk no, er det basert på den opne standarden SAML 2.0. Denne standarden vert også brukt av Minside. BIBSYS er eit døme på ei teneste som er tilpassa Feide i dag.
Nasjonalbiblioteket har også valt å bruke Feide, men førebels er det ikkje implementert noko løysing for tilgangskontroll for digitale bøker. Årsaka er at det ikkje er innført avgrensa tilgjenge for dei bøkene som Nasjonalbiblioteket har digitalisert og lagt ut på NBDigital. Dette gjeld bøker som anten har falle i det fri eller som Nasjonalbiblioteket har avtaler om å gje allment tilgjenge til.
7.5 Digitalisering, bevaring og tilgjengeleggjering
Digitaliseringsspørsmål i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren vert presentert og drøfta i stortingsmelding om digitalisering. I denne meldinga vert digitaliseringsspørsmål presenterte og kort drøfta i eit bibliotekperspektiv.
Når det gjeld digitalisering, er Nasjonalbiblioteket ein hovudaktør på bibliotekfeltet. Også ei rekkje andre bibliotek har materiale som det kan vere av verdi å digitalisere. Dette gjeld ikkje minst fotografi. Langtidslagring og utvalskriterium ved digitalisering er viktige føresetnader for kva biblioteka kan tilby av digitale tenester.
Eit digitalt dokument er eit dokument som anten er skapt digitalt, eller som er produsert ved å digitalisere eit fysisk objekt. I dag er det mest vanleg at dokument vert skapte digitalt, men likevel vert mange av desse publisert i form av trykksaker eller andre fysiske medium. Når nyare originaldokument vert digitaliserte, må ein avklare opphavsrettslege spørsmål. I forskrift til åndsverklova har Nasjonalbiblioteket fått ein eigen heimel til å digitalisere sine samlingar.
Det finst mange metodar for å digitalisere fysiske objekt. Ulike typar materiale krev ulike metodar og ulike typar utstyr for å gje eit godt resultat. Digitalisering er ein ressurskrevjande prosess, og det er difor viktig å unngå at same objekt må digitaliserast meir enn ein gong. Som ein hovudregel bør ein alltid digitalisere i ein kvalitet som er høg nok til å ta vare på eigenskapane i objektet, og som dermed kan nyttast for å bevare objektet digitalt. Med utgangspunkt i dette kan ein generere ulike kvalitetar for formidling. For eit godt resultat er det også viktig å kvalitetssikre materiale med fullstendig tekstrepresentasjon.
I 2004 vart Google Book Search lansert. Dette er eit samarbeid mellom Google og store angloamerikanske bibliotek som til dømes Harvard University Library, Oxford Bodleian Library og New York Public Library. Per 2008 har selskapet digitalisert om lag 1 million bind. I tillegg til dei store anglo-amerikanske biblioteka, er også enkelte japanske, tyske og hollandske bibliotek med i prosjektet. Ein har i første omgang konsentrert seg om eldre bøker som har falle i det fri, men også mykje i fulltekst som er verna av opphavsretten er digitalisert.
Også nokre store internasjonale forlag har sett i gang ulike digitaliseringsprosjekt. Mest profilert er kanskje forlaget Gale som med utgangspunkt i eksisterande mikrofilmar tilbyr mellom anna Eighteenth Century Collections Online, som er ein elektronisk ressurs som omfattar meir enn 138 000 engelskspråklege titlar publiserte mellom 1701 og 1800. Eit anna døme er The Times Digital Archive som gjev brukaren tilgjenge til heile avisserien frå 1785 til 1985 i pdf-utgåver. I Noreg tilbyr VG tilgjenge til artiklane i avisa frå 1945 til 1992 mot betaling. Dette gjeld om lag 650 000 artiklar i pdf-utgåver.
7.5.1 Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram
Den mest omfattande digitaliseringssatsinga i Noreg er Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram som vart starta i 2006. Programmet inneber ei systematisk digitalisering av alt materiale som har vore publisert i Noreg, og ein ambisjon om å etablere avlevering til Nasjonalbiblioteket av det digitale utgangspunktet for framtidige publikasjonar. Materiale som er fri for opphavsrettslege bindingar, og ikkje har avgrensa bruk som pliktavlevert materiale vert fortløpande lagt ut på Nasjonalbibliotekets teneste NBDigital.
Historisk sett har Nasjonalbiblioteket arbeidd med digitalisering av kringkastingsmateriale og av foto. Etter oppstarten av digitaliseringsprogrammet i 2006 har også systematisk digitalisering av bøker og aviser vorte vektlagd. Også andre materialtypar som til dømes manuskript, tidsskrifter, musikk og film vert digitalisert i mindre omfang.
Nasjonalbiblioteket får også avlevert ein del materiale i digital form. Nasjonalbiblioteket har hatt i drift digital filbasert pliktavlevering av radio sidan årsskiftet 2004/2005, og digital avlevering av fjernsyn frå NRK sidan august 2008. I tillegg er Aftenposten og Adresseavisen digitalt avlevert i bevaringskvalitet sidan 2007. Digital avlevering av bøker og tidsskrifter skal etter planen starte i løpet av 2009. Nasjonalbiblioteket har sidan 2005 også hausta inn store delar av det norske nettdomenet .no, slik at dette ligg lagra som filer i det digitale sikringsmagasinet.
For å kunne gjennomføre massedigitalisering har Nasjonalbiblioteket no oppskalert digitaliseringsaktiviteten. Det er også etablert 15 produksjonsløyper som omfattar alle stega frå eit objekt vert valt ut, til det ligg bevart i det digitale sikringsmagasinet og samstundes er tilgjengeleg på nett til autoriserte brukarar. Nasjonalbiblioteket har etablert eigne produksjonsliner både for kvar enkelt materialtype og for ulike format innanfor materialtypane. Prosessane varierer frå nesten heilautomatiske prosessar til tidkrevjande manuelle operasjonar.
Materialet som vert digitalisert i Nasjonalbiblioteket vert valt ut etter desse kriteria:
systematisk massedigitalisering på mest mogeleg effektiv måte for ulike format og medietypar
tematisk utval av innhald på tvers av medietypar som til dømes tilrettelegging av nettinnhald i samband med forfattarjubileum, markeringar og utstillingar. Mellom anna vert Wergelands samla verk og anna utvald materiale i samband med Wergelandsåret digitalisert
digitalisering på førespurnad. På grunnlag av førespurnader utanfrå vert det digitalisert ulike typar materiale i samarbeid med andre institusjonar. Dette kan vere materiale som ikkje finst i Nasjonalbiblioteket og det kan vere materiale som finst i Nasjonalbiblioteket, men som andre ønskjer å få tilgjenge til med omsyn til formidling. Døme på dette er digitalisering av Abelmaterialet som i dag kan lesast i ein tilrettelagd presentasjon på NTNUs nettsider
7.5.2 Andre digitaliseringsinitiativ
Det er også sett i gang mange mindre digitaliseringsprosjekt både innanfor universitets- og høgskulesektoren og i regionane, nokre av desse i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.
Eit døme på ei regional digitaliseringssatsing er trondheimsbilder.no som er den offisielle nettstaden for historiske bilete frå Trondheim. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Sverresborg Trøndelag Folkemuseum, Trondheim kommune Byarkivet, Trondheim folkebibliotek og Universitetsbiblioteket i Trondheim. Prosjektet var eit pilotprosjekt for å få erfaring med å byggje slik ny digital infrastruktur, og det fekk støtte frå ABM-utvikling. Basen inneheld om lag 50 000 digitaliserte bilete og veks heile tida. Deichmanske bibliotek i Oslo har også digitalisert og gjort tilgjengeleg mykje fotomateriale frå Oslo gjennom sine Internettenester.
Eit anna døme er Universitetsbiblioteket i Oslo som har si eiga prosjektgruppe for digitalisering av delar av bibliotekets eldste materiale. Universitetsbiblioteket i Oslo og Nasjonalbiblioteket har skrive under på ei avtale om at Nasjonalbiblioteket skal digitalisere ei visst mengd sider kvart år framover. Universitetsbiblioteka oppbevarer mykje materiale som det er viktig å gje tilgjenge til. Det er behov for å få betre oversyn over kva materiale som finst i norske bibliotekinstitusjonar, og som det kan vere naturleg å digitalisere.
Arkivverket har også utført svært mykje digitalisering, og har omfattande planar i åra framover. Realistiske mål er å digitalisere 5 – 10 prosent av samlingane og ein vil prioritere materiale som ein reknar med vert mykje etterspurt av brukarane.
7.5.3 Kostnader ved digitalisering og drift
Digitalisering er svært kostnadskrevjande, og Nasjonalbiblioteket trur at det vil koste kring ein milliard kroner å digitalisere alt dei har av samlingar i dag. I tillegg vil det også koste mykje å vedlikehalde og drifte det digitaliserte materialet. Sjølv om Nasjonalbibliotekets digitale sikringsmagasin ikkje krev store areal, er det nødvendig med kontinuerleg vedlikehald i form av konvertering til nye format og oppgradering til nye medieberarar og nye sikringssystem.
Det vert opplyst at om lag 60 prosent av kostnadene vil gå til sjølve digitaliseringa (digitalt lager, innkjøp av digitaliseringsutstyr og programvare, utvikling og integrering av system som inngår i digitaliserings- og etterbehandlingsprosessen og lønsmidlar). 40 prosent av kostnadene vil gå til registrering av materiale for å etablere nødvendige metadata for gjenfinning og til uthenting av data frå samlingane osv.
I 2007 rekna Nasjonalbiblioteket med å bruke 15 – 20 år på å gjennomføre digitaliseringsprogrammet. Nasjonalbiblioteket nytta om lag 21 mill. til programmet i oppstartåret 2006 og om lag 18 mill. kroner i 2008. I 2009 budsjetterer Nasjonalbiblioteket med å nytte om lag 28 mill. kroner.
Til samanlikning reknar Arkivverket med at det er behov for om lag 20 mill. årleg i 20 år for å nå målet om å gjere 5 – 10 prosent av samlingane tilgjengelege gjennom digitalisering. Dette omfattar 4 000 hyllemeter mikrofilma materiale, 16 000 hyllemeter papir (etterspurt) og store mengder foto, lyd, kart, teikningar, film med meir.
Departementet har i dag ikkje samla oversyn over kva kostnadene er for dei andre digitaliseringsprosjekta som går føre seg i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren. Hovudsakeleg er prosjekta finansierte av den enkelte eigarinstitusjonen, eller av fleire institusjonar som har gått saman om arbeidet i fellesskap.
Kostnader knytte til å det å gjere verna materiale tilgjengeleg digitalt er også ein viktig del av reknestykket, anten det gjeld lisensavtaler eller infrastruktur for formidling, jf. nærare omtale i pkt. 7.6.
7.5.4 Tilgjengeleggjering av kulturarvmateriale
For å kunne gjere verna materiale i abm-institusjonane tilgjengelege digitalt, må institusjonane ha avtaler med rettshavarar for det materialet som ikkje har falle i det fri. Materiale som har falle i det fri, vert gjort tilgjengeleg utan opphavsrettslege avtaler. Når det gjeld pliktavlevert materiale, kan dette berre gjerast tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, jf. pliktavleveringslova §1.
Dei siste par åra har Nasjonalbiblioteket samarbeidd med norske opphavsrettsorganisasjonar om å gjere norske verk digitalt tilgjengelege over Internett. Dette har i første rekkje handla om pilotprosjektet knytt til Nordområda der det i alt er gjeve allment digitalt tilgjenge til om lag 1400 bøker og tidsskriftartiklar. Nasjonalbiblioteket har no gjennomført ei evaluering av Nordområdeprosjektet som konkluderer med at tenesta har hatt god brukartrafikk. Det er bestemt at prosjektperioden skal utvidast til 31. desember 2009, slik at ein kan få kvalitetssikra resultata ytterlegare.
Det vert no planlagt å utvide samarbeidet mellom partane gjennom det nye prosjektet «Bokhylla.no». Planen er å digitalisere og gjere tilgjengeleg litteratur frå tiårsbolkane 1790-åra, 1890-åra og 1990-åra. Delar av materialet frå perioden 1890-åra, og så godt som alt materialet frå 1990-åra, vil vere underlagt vern etter åndsverklova. Dette inneber at all bruk av materialet ut over dei unntaksføresegnene som finst i åndsverklova, føreset at det vert inngått avtale med opphavsrettsorganisasjonane.
Kultur- og kyrkjedepartementet har i november 2008 oppnemnt ei arbeidsgruppe med representasjon frå departementet, Nasjonalbiblioteket og Kopinor, som skal kome med innspel som kan liggje til grunn for gjennomføringa av Bokhylla.no, og leggje grunnlaget for vidare forhandlingar tufta på røynsler frå Nordområdeprosjektet. Gruppa har fått som mandat å greie ut betalingsmodellar og ei konkret betalingsløysing for å kunne gje ope tilgjenge til materialet. Det verna materialet skal kunne lesast på skjerm via Internett, men det vil ikkje verte lagt til rette for nedlasting og utskrift av det verna materialet. Materiale som har falt i det fri vil fritt kunne lastast ned og skrivast ut.
Avhengig av korleis prosjektet Bokhylla.no utviklar seg, kan det på sikt danne modell for ein avtalelisens etter åndsverklova § 16a. Slike avtalelisensar kan på sikt utviklast vidare i eit samarbeid mellom samlingsforvaltarar og samlingseigarar og etter kvart også omfatte andre typar materiale.
Tilgjengeleggjering av digitalt materiale kan også ha særlege personvernutfordringar, som omtalt i pkt. 5.2.4.
7.5.5 Langtidslagring av digitalt materiale
Ei aukande digitalisering har ført til større behov for sikker lagring i eit langtidsperspektiv. Nasjonalbiblioteket og Arkivverket arbeider begge med løysingar for digital langtidslagring av digitalisert og digitalt skapt materiale. Begge institusjonane har store utfordringar på dette feltet. Det ligg òg ofte eit svært omfattande arbeid knytt til klargjering av materiale for langtidslagring, t.d. frå gamle format. Det er viktig at løysingane som Nasjonalbiblioteket og Arkivverket byggjer opp, også på sikt kan yte tenester til andre. Samstundes er det avgjerande at institusjonar over heile landet byggjer opp kompetanse på å velje format og kvalitetsnivå eigna til langtidslagring.
Nasjonalbiblioteket er gjennom sine oppgåver etter lov om avleveringsplikt og sin teknologiske kompetanse ein hovudaktør på bibliotekfeltet når det gjeld digital langtidsbevaring. Nasjonalbiblioteket tek i dag vare på digitalt materiale i stort omfang for andre institusjonar. Døme på dette er det digitale radioarkivet til NRK, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Aftenposten. Avtala mellom Nasjonalbiblioteket og fleire forlag legg også opp til at Nasjonalbiblioteket skal ta vare på digitale bøker og tidsskrifter for forlaga. Det vert også arbeidd med liknande samarbeid med fleire aviser.
Utfordringane på feltet krev ein nasjonal strategi og eit godt samarbeid mellom sentrale aktørar. Utfordringane og behova for digital langtidslagring vert nærare drøfta i digitaliseringsmeldinga.
7.6 E-boka og innkjøpsordningane
I september 2008 arrangerte Norsk kulturråd eit seminar med søkjelys på digitaliseringsprosessens mange konsekvensar for forfattarar, forlag, politikarar, forvaltning, bokhandlarar, bibliotek og lesarar. Seminaret viste at dei fleste partane no meiner at vippepunktet for den digitaliserte litteraturen er nær, og at e-boka truleg vil nå massemarknaden i løpet av dei næraste to til fem åra. Nye formidlingskanalar kan påverke lesemønster og lesevanar. Ved eit aukande tilbod om ny, norsk litteratur som e-bok vil dette også kunne føre til auka etterspurnad etter e-bøker på biblioteket.
Digitale utgjevingar fører til endringar i kva vi definerer som ei bok og dette vil også måtte få konsekvensar for innkjøpsordningane for litteratur. Ordningane som i dag eksisterer, byggjer på avtaler mellom dei som er involverte i dei ulike kategoriane. Alle avtaleverka er knytte til innkjøp av papirbøker, og kulturrådets tilskot er bygde på ein fordelingsnøkkel som har brei aksept i bransjen.
Boks 7.3 Utlån av e-bøker i folkebibliotek
Etter kvart som meir og meir vert digitalisert eller tilgjengeleg digitalt, vil det i aukande grad verte mogeleg å laste ned låneobjekt til eigen PC eller e-boklesar. Biblioteksentralen har no starta pilotprosjektet BS Weblån med utlån av e-bøker. Den tekniske løysinga er klar, men alle spørsmål kring opphavsrett er enno ikkje på plass. Buskerud fylkesbibliotek har nyleg fått prosjektmidlar for å prøve ut utlån av e-bøker ved tre av biblioteka i fylket. Utlån av leseplater og bruk av nettsamfunnsteknologi vil også vere ein del av prosjektet.
I 2009 vil Norsk kulturråd starte ei prøveordning med innkjøp av e-bøker under innkjøpsordningane for litteratur. Slike innkjøp vil vere avhengig av mange faktorar, og Kulturrådet må i samråd med avtalepartane finne ut kva det er ein skal betale for, korleis betalinga skal fordelast på dei ulike ledda, og korleis produkta skal kjøpast inn og distribuerast til biblioteka og lesarane. Spørsmål om utsalspris, royalty og parallelle utgåver på papir og digitalt er nokre av dei mange faktorane som kjem inn i drøftingane. E-boka er eit spanande produkt, men det vil krevje evne til omstilling i fleire av ledda i den litterære produksjonen.
7.7 Lisens- og konsortieavtaler
Frå midten av 1990-talet har tilbodet av databasar og tidsskrifter i elektronisk format auka sterkt. Dette handlar i første rekkje om utanlandsk forskingslitteratur, men det kan også omfatte norske tidsskrifter og ulike typar referansedatabasar. Dei siste åra har det vorte meir og meir vanleg at fagbiblioteksektoren kjøper tilgjenge til desse essensielle kunnskapskjeldene gjennom lisens- og konsortieavtaler forhandla fram anten gjennom institusjonane sjølve eller gjennom ABM-utvikling.
Lisens betyr at det er behov for samtykke frå rettshavarane til å gjere materialet tilgjengeleg. Vi snakkar difor om lisens berre for det materialet som har opphavsrettsleg vern, eller anna nærståande vern, som til dømes tidsskriftartiklar. Lisens- og konsortieavtalene inneber at biblioteka betalar ei avgift for å kunne hente ut materiale frå ein ressurs. I prinsippet inneber dette at ein ikkje eig innhaldet i kunnskapskjelda, men at ein leiger seg tilgjenge. Dersom ein seier opp avtalen, mister ein ofte tilgjenge til det digitale innhaldet i kjelda.
7.7.1 Omfanget av lisensavtaler i universitets- og høgskulesektoren
I universitets- og høgskulesektoren er det stort behov for tilgjenge til viktige utanlandske kjelder. Dette vert no primært løyst gjennom institusjonslisensar, der kvar institusjon inngår eigne avtaler eller sluttar seg til konsortieavtaler som gjev institusjonen tilgjenge til dei valde ressursane etter ei fordeling av kostnadene.
Felles for desse avtalene er at tilgjenget er avgrensa til dei institusjonane som har slutta seg til bestemte avtaler for bestemte ressursar eller pakker av ressursar. På same måten som at alle bibliotek ikkje har råd til å kjøpe inn alle bøker, vil dei heller ikkje ha råd til å abonnere på alle elektroniske ressursar. Samstundes er dei mykje lettare å distribuere, slik at forskarane får tilgang direkte frå eigen PC utan å måtte oppsøkje biblioteklokala fysisk.
Biblioteka brukar i dag store summar på å gje brukarane tilgjenge til digitale kjelder. For fag- og forskingsbiblioteka er talet i 2007 om lag 163 mill. kroner, og av desse går 132 mill. kroner til elektroniske tidsskrifter . Til dømes nyttar norske fag- og forskingsbibliotek om lag 45 millionar kroner i året for å få tilgjenge til tidsskriftpakken ScienceDirect frå forlaget Elsevier.
Statistikken viser at den delen av budsjetta som går til elektroniske kjelder, aukar svært mykje. Dette er ein klar endringstrend, som i hovudsak kjem av at ein kjøper tilgjenge til alle titlar frå eit forlag, såkalla pakker, og ikkje enkelttitlar som ein gjorde med trykte tidsskrifter.
Ein viktig kostnadsfaktor er at eit trykt tidsskrift ikkje er pålagt meirverdiavgift, medan den elektroniske versjonen av same tidsskriftet får meirverdiavgift. Dette inneber at dei elektroniske versjonane ofte er dyrare enn dei trykte for dei biblioteka som ikkje har momsrefusjon. Dette gjeld dei fleste statlege biblioteka. I 2001 utgjorde til dømes utgiftene til moms på slike ressursar om lag 100 000 kroner for Universitetsbiblioteket i Bergen. I 2007 var desse utgiftene heile 4,8 mill. kroner.
Boks 7.4 Helsebiblioteket.no
Helsebiblioteket.no er etablert ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Den primære målgruppa for Helsebiblioteket er personell, studentar og forskarar i helsetenesta på alle nivå. Hovudmålet har vore å sikre likt tilgjenge til kunnskap for alle som arbeider i helsetenesta. Helsebiblioteket gjev mellom anna tilgjenge til store referansedatabasar og fulltekstdatabasar med om lag 4000 tidsskrifter. Så langt som mogeleg skal innhaldstenestene vere opne og tilgjengelege for alle, noko som også er tilfelle for ei lang rekkje norske og utanlandske kjelder som til dømes referansedatabasen Cochrane Library og e-tidsskriftet New England Journal of Medicine. Helsebiblioteket er finansiert av Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka.
Ofte har ikkje små institusjonar råd til å abonnere på alle relevante ressursar eller store nok pakker av ressursar. Det er gjort framlegg om å vurdere lisensavtaler på tvers av institusjonar for å sikre at også små fag- og forskingsmiljø får tilgjenge til dei viktigaste kunnskapsressursane. Leverandørane har førebels ikkje hatt rom for denne typen løysingar i sine avtalemodellar.
7.7.2 Samordna kjøp av tilgjenge gjennom konsortieavtaler
For å effektivisere og samordne kjøp av tilgjenge til elektroniske kunnskapsressursar vert det i dag inngått konsortieavtaler på vegner av fleire institusjonar. Dei fleste konsortieavtalene i norske bibliotek er organiserte av ABM-utvikling, men det finst også nokre som er etablerte av mindre grupper av bibliotek med felles interesse for ein spesiell ressurs.
Fordelen med konsortieavtaler er at ein betre kan forhandle pris og vilkår. Det er i utgangspunktet ingen «automatiske» deltakarar i nokon av konsortieavtalene. Dette vil seie at alle potensielle deltakande institusjonar står fritt til å velje om dei vil delta. Dette skjer etter at ABM-utvikling har forhandla fram eit sett med vilkår og prisar som deltakarane må akseptere. Alle avtaler vert forhandla fram på bakgrunn av ønskje frå dei deltakande biblioteka. Ei ferdig forhandla avtale vert alltid send ut til alle institusjonane med presentasjon av prisar og vilkår. Det er ein føresetnad at prisen på den respektive lisensavtala skal vere rimelegare, og dei verdiaukande tenestene meir gunstige enn det som det enkelte bibliotek på eiga hand ville klare å forhandle fram.
ABM-utvikling overtok arbeidet med konsortieavtaler frå Riksbibliotektjenesten i 2003 og har vidareført og utvikla dette arbeidet. I dag organiserer ABM-utvikling konsortieavtaler for norske bibliotek for i overkant av 72 mill. kroner, og institusjonen har ansvar for 27 avtaler som omfattar 72 e-ressursar med til saman 320 deltakarar. Dette omfattar mellom anna om lag 200 folke- og fylkesbibliotek og 55 høgskule- og universitetsbibliotek. Folke- og fylkesbiblioteka betalar i overkant av 1 prosent av dei samla utgiftene til lisensar i norske bibliotek, altså om lag 800 000 kroner. Dette inneber at folke- og fylkesbibliotek i liten grad deltek i dei ulike konsortieavtalene, og at dei berre har tilgjenge til nokre få ressursar. Avtalene omfattar tilgjenge til pakker av elektroniske tidsskrifter, referansedatabasar, leksikon, bøker, faktaressursar og ordbøker.
ABM-utvikling arrangerer også konferansar og seminar om spørsmål knytte til lisensarbeid, gjev råd og rettleiing til biblioteka og har kontaktmøte med sektoren generelt, spesielt med lisensutvalet ved universiteta. Konsortiearbeidet skjer etter eit sett med avtalekriterium som er utarbeidde i samarbeid med lisensutvalet. Alle kontraktar vert kvalitetssikra av juridisk kompetanse.
Mange av dei viktigaste ressursane og databasane er svært kostbare å abonnere på. Dette har samanheng med relativt liten konkurranse blant tilbydarane samstundes som det er svært viktig for brukarane å få tilgang til det lisensierte materialet. Ein annan faktor er at dei årlege prisjusteringane ligg mellom 5 – 7 prosent over fjorårets pris. Dette er ofte langt over det som biblioteka vanlegvis får tildelt i budsjettauke. Dette betyr at prisen på det lisensierte materialet i mange tilfelle et opp det biblioteka disponerer til kjøp av anna materiale som ikkje er bunde opp i konsortieavtaler.
Det er lite som tyder på at dette biletet vil endre seg framover. Tvert om ser det ut til at dei store internasjonale leverandørane no vender seg til andre marknader. Det er også teikn på at prismodellane vert bygde på BNP i det enkelte landet. Dette kan gjere det særs vanskeleg å forhandle ned prisen for den norske marknaden ytterlegare. Utfordringa ligg då i å konsolidere arbeidet med konsortieavtaler gjennom fleirårige kontraktar med fast prisauke, og samstundes prioritere andre område, som til dømes å stimulere til arbeid med Open Access og institusjonelle arkiv.
I evalueringa av ABM-utvikling gjennomført av DIFI i 2008, vert det konkludert med at konsortiearbeid bør vere ei naturleg oppgåve for ABM-utvikling framover.
7.8 Nasjonale lisensar
Spørsmålet om nasjonale lisensar er reist i ulike politiske samanhengar det siste tiåret. Uttrykket er primært nytta i samband med tilgjenge til sentrale norske kultur- og kunnskapskjelder i form av ei «nasjonal digital kunnskapsbase». Nasjonale lisensar er ofte knytte til eit behov om å stimulere produksjonen av norsk kvalitetsmateriale og samstundes medverke til ei større spreiing av dette materialet. Etter kvart er nasjonale lisensar også nytta om breiare tilgjenge til utanlandske kunnskapskjelder, særleg i fagbiblioteksektoren. Ein kan tenkje seg ulike nasjonale lisensar og ulike målgrupper for lisensane.
I bibliotekutgreiinga vart følgjande tilrådd:
For at befolkninga skal kunne benytte utvalgte digitale innholdsressurser fritt, samtidig som opphavsretten ivaretas, må det forhandles fram nasjonale lisenser. Digitale kunnskapskilder er så sentrale for utviklingen av det norske kunnskapssamfunnet at de bør være mer tilgjengelige enn i dag. Viktig kunnskaps- og kulturarvsmateriale skal gjøres tilgjengelig gjennom bibliotek- og utdanningsinstitusjoner eller direkte til hele befolkningen gjennom lisenser og andre vederlagsordninger. Eksempler på andre innholdskilder som det bør gis tilgang til er ordbøker, leksika og digitale avisarkiv.
Og
Det er behov for å kunne kjøpe lisenser på tvers av institusjoner for at også små fagmiljøer skal få tilgang til forskningsbasert litteratur.
7.8.1 Utgreiing om nasjonale lisensar
ABM-utvikling la i november 2008 fram ei utgreiing om nasjonale lisensar der omgrepet vert definert slik:
Nasjonale lisenser er lisenser for fri tilgang til opphavsrettslig beskyttet digitalt materiale for enten alle innbyggere i landet (nasjonal tilgang), eller alle institusjoner som har behov for tilgang til spesifikke viktige kunnskapskilder. 1
Nasjonalt tilgjenge inneber at alle innanfor eit nærare definert geografisk område har tilgjenge til ressursen. Eit slikt tilgjenge vil då vere regulert i den nasjonale lisensen eller avtala. Tilgangsregima kan vere ulike, men det er vanleg å nytte tilgjenge basert på nasjonale IP-adresser.
I utgreiinga vert behovet for nasjonale lisensar grunngjeve både i eit kulturpolitisk, språkpolitisk, utdannings- og forskingspolitisk og i eit informasjonspolitisk perspektiv. Utgreiinga peikar på at ein i dag i stor grad må betale for å få tilgjenge til kvalitetsinformasjon, medan ein stor del av den informasjonen som er fritt og gratis tilgjengeleg, ikkje er kvalitetssikra.
Utgreiinga presenterer eksisterande ordningar og forretningsmodellar for lisensar, og viser særleg til dei aukande kostnadene fag- og forskingsbiblioteka har for å få tilgjenge til nyare internasjonalt vitskapeleg materiale. Det vert peika på at finansiering av nasjonale lisensar kan skje etter ulike modellar for ulike typar kjelder, målgrupper og tilgjenge.
Ei finansiering av nasjonale lisensar på fag- og forskingsområdet kan til dømes innebere at bibliotekeigarane aksepterer å øyremerke nokre av budsjettmidlane til ein felles pott for å drifte dei løpande lisenskostnadane (top-slicing-prinsippet). I praksis vil dette truleg ha mest å seie for bibliotek som vert finansierte gjennom løyvingar frå Kunnskapsdepartementet. Bakgrunnen for å vurdere nasjonale lisensar her er primært det behovet mindre fagmiljø har for databaseinformasjon.
Rapporten gjer greie for lisensordningane som er etablerte gjennom Nasjonal digital læringsarena (NDLA). Her er det gjennomført anbod for innkjøp av digitale læremiddel som byggjer på prinsippet om at desse ressursane skal vere fritt tilgjengelege for sluttbrukar. Det er dei same utfordringane ein ser i arbeidet med nasjonale lisensar for biblioteka.
Ved sidan av regulering av tilgjenge gjennom IP-adresser kan ein også nytte modellar knytte til brukaridentifikasjon og passord for å gje tilgjenge til definerte brukargrupper. Dette vil vere aktuelt der bibliotek kjøper tilgjenge til lisensiert materiale for til dømes studentar og forskarar knytte til institusjonen, eller slik vi ser i Helsebiblioteket.no, der nokre av ressursane er meint berre for helsepersonell.
Utgreiinga rår til at det no vert teke konkrete initiativ til å etablere nasjonale lisensar som sentralt verkemiddel for biblioteksektoren. Det vert hevda at det er behov for eit sterkt, koordinerande ledd med ein klar strategi, planar og økonomisk handlekraft. Det er nødvendig med sentrale løyvingar for å etablere ein nasjonal kunnskapsbase, men det kan også vere aktuelt at bibliotekeigarane aksepterer at nokre av budsjettmidlane vert lagde inn i ein felles pott for å drifte lisenskostnadane. Rapporten konkluderer med at ABM-utvikling med si røynsle og kompetanse på konsortiearbeid også bør handtere dei nasjonale lisensane.
7.9 Publisering i opne arkiv
Open Access (open tilgang) inneber at vitskapelege publikasjonar vert fritt tilgjengelege på web. Forfattaren eller opphavsmannen har opphavsretten til publikasjonen, men gjev brukarane lov til å lese, laste ned, kopiere, distribuere, skrive ut, søkje i eller lenke til fullteksten utan å krevje vederlag.
Ein skil gjerne mellom Open Access-tidsskrifter og Open Access eigenarkivering.
Open Access-tidsskrifter er ei ordning der det er gratis å lese artikkelen. Slike tidsskrifter aukar raskt i mengde og i bruk målt i siteringar. Finansiering av Open Access-tidsskrifter er ei utfordring som til dømes kan løysast ved at tidsskriftet vert drive på dugnad med økonomisk støtte frå styresmakter og organisasjonar, eller ved at forskarane betaler for publiseringa.
Open Access eigenarkivering vil seie at arbeid som alt er publisert vert lagt ut i opent tilgjengelege elektroniske arkiv eller sentrale elektroniske arkiv.
Institusjonelle arkiv er gjerne eigd av forskingsinstitusjonar, medan sentrale arkiv kan drivast av forskingsråd eller liknande. Det er internasjonale standardar for slike arkiv for å sikre at dei kan knytast saman i eit globalt søkbart system. Det vert skilt mellom eigenarkivering av «post-prints» og «pre-prints», det vil seie utkast før og etter fagfellevurdering av manuskripta. For arbeid som også skal publiserast gjennom tradisjonelle kanalar, må ein følgje dei reglane det aktuelle forlaget har for arkivering i opne institusjonsarkiv.
Fordelane med opne institusjonsarkiv er for det første at forskarane får eit sentralt, elektronisk arkiv for sine forskingsarbeid, som på denne måten også blir tilgjengelege for andre interesserte, både i og utanfor institusjonen. Dette vil gjere publikasjonane og forskinga til den enkelte meir synleg. For det andre vert institusjonen meir synleg. Dei publiserte forskingsresultata vert brukte til å marknadsføre institusjonen overfor løyvande styresmakter, potensielle studentar eller tilsette. For det tredje fører dette til at forskingsresultat frå ei rekkje forskingsinstitusjonar over heile verda, vert eit felles gode. Dette er svært viktig til dømes i utviklingsland der det ofte er vanskeleg å få tilgjenge til forskingsresultat. Den enkelte forskaren har etter åndsverklova opphavsretten til publikasjonane sine.
Det er lite som tyder på at trenden med fritt tilgjengelege publikasjonar kjem til å minke. I dag har mange institusjonar innanfor universitets- og høgskulesektoren oppretta eigne institusjonsarkiv. Eit døme er Bergen Open Research Archive (BORA) ved Universitetet i Bergen. Dei fire eldste universiteta har samarbeidd om å lage eigne arkiv, og BIBSYS har utvikla verktøyet BIBSYS Brage som dei fleste høgskulane og fleire forskingsinstitutt brukar ved hjelp av søketenesta NORA (Norwegian Open Research Archive, utvikla innanfor Norsk digitalt bibliotek). Gjennom NORA kan ein no søkje i alle dei opne institusjonsarkiva i Noreg under eitt.
Universitets- og høgskolerådet har fått utført ei kartlegging av norsk publisering av vitskapelege artiklar i 2005–2006 og sett på kor mange av desse som i teorien kunne ha vore deponerte i eit institusjonsarkiv. 2 Rapporten konkluderer med at 47 prosent av artiklane kunne blitt arkivert. For 27 prosent av artiklane var det ikkje mogeleg å finne kva som var forlagets politikk. Ein del av desse kunne truleg også blitt arkivert.
7.10 Digitale tenester i biblioteka
Målet med å digitalisere bør vere å gje enklare tilgjenge til materialet som finst i biblioteka. Dette krev mykje av biblioteka når det gjeld formidling og tilrettelegging. Materiale er ikkje tilgjengeleg for bruk berre ved at det finst i digital form på ei eller anna adresse. I dagens informasjonssamfunn fløymer det over med data og informasjon frå alle kantar. Arbeidet med å systematisere og filtrere straumen blir stadig større. Digitalt innhald er tilnærma verdlaust for brukaren dersom det ikkje finst gode verktøy og tenester som hjelper brukaren å finne, filtrere og bruke innhaldet.
Målet er at mykje av det samla materialet skal vere lett tilgjengeleg for brukaren der han er eller bur. Det er behov for gode digitale tenester som hevar seg over institusjonsnivået, som gjer tilgjengeleg kunnskapskjelder både i digital og fysisk form, og som er kopla til effektive forsynings- eller distribusjonsmekanismar.
7.10.1 Nasjonalbibliotekets digitale bibliotek
NBDigital (www.nb.no) er Nasjonalbibliotekets digitale bibliotek. Med utgangspunkt i samlingane lagar Nasjonalbiblioteket ei rekkje nettutstillingar ofte knytte til dagsaktuelle emne, jubileum eller andre hendingar. Nasjonalbiblioteket er også partnar i fleire større formidlingsprosjekt på nett. Døme er Jazzbasen i samarbeid med Norsk Jazzarkiv, Kulturminne Ekofisk, Frigg og Statfjord (www.kulturminne-frigg.no og www.kulturminne-ekofisk.no), Niels Henrik Abels verker (www.abelprisen.no) og ei netteneste som viser fotomateriale frå rundt 60 av arkiva som leverte bidrag til utstillinga «80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855–2005» (www.nb.no/nmff/80millioner.php). Tenesta Biblioteksøk er nærare omtala i pkt. 7.3.
7.10.2 Andre digitale tenester i biblioteksektoren
Dei siste åra er det også utvikla fleire andre typar digitale tenester i biblioteka. Dette er gjerne tenester retta mot spesielle målgrupper som til dømes barn og unge. Fleire av tenestene inviterer til aktiv brukarmedverknad. Mange av tenestene er utvikla med stønad frå innsatsprogrammet Norsk digitalt bibliotek.
Biblioteksvar (www.biblioteksvar.no) er ei digital referanseteneste der ein kan kome i kontakt med ein bibliotekar gjennom chat, sms eller e-post. Bibliotekarane som deltek i Biblioteksvar, arbeider ved over 60 ulike folke-, skule- og fagbibliotek. Biblioteksvar hjelper brukarane med å finne fram på Internett, finne faktaopplysningar, finne kjelder til skule- eller studentoppgåver, gjev tips til lesestoff eller andre ting som brukaren måtte lure på. Biblioteksvar er ei form for dugnad som inneber ekstra arbeidsoppgåver for dei deltakande biblioteka utan at dei får ekstra ressursar. Gevinstane ved å delta er likevel mange. Gjennom samarbeid vert det skapt eit utviklande nettverk for det enkelte biblioteket og for den enkelte bibliotekaren. Som deltakar får ein høve til å delta på minst ei fagleg samling i løpet av året. ABM-utvikling finansierer prosjektkoordinator og kompetanseoppbygging. Det finst i dag liknande tenester både i Danmark (Biblioteksvagten), Sverige (Fråga biblioteket) og i Finland (Information Gas Station).
Skrivebua (www.skrivebua.no) er ein poesi-nettstad med redaksjonell kontroll der ungdom kan publisere eigne dikt og tekstar og kommentere andre sine tekstar. Fylkesbiblioteket i Nordland er vert for Skrivebua. ABM-utvikling har gjeve støtte til prosjektet, og har også gjeve prosjektmiddel til å utvikle ein samisk variant av Skrivebua. Den samiske varianten er ikkje ferdig enno.
Reaktor (www.reaktor.deichman.no) er ein kreativ nettstad med redaksjonell kontroll der ungdom kan publisere eigne verk som til dømes film, foto og teikneseriar. Andre brukarar kan gje tilbakemelding på det som vert lagt ut, og ein kan få tips om korleis ein kan utvikle seg vidare. Ein kan finne andre brukarar med same interesse, velje ut favorittar og sende meldingar til andre brukarar. Reaktor er utvikla av Deichmanske bibliotek og Trondheim folkebibliotek. Prosjektet har fått støtte frå ABM-utvikling.
Ønskebok (www.ønskebok.no) er ei teneste for formidling av litteratur til ungdom og unge vaksne. Det er ein heilt ny måte å finne litteratur på. Her kan ein søkje på den stemninga ein ønskjer at boka skal ha, eller på kva for hovudperson, type handling eller stad ein ønskjer seg. Ønskebok har vore eit prosjekt hos ABM-utvikling i samarbeid med Norsk kulturråd og Opening the Book, og skal no over i meir permanent drift i eit bibliotekmiljø. Tenesta er nasjonal og byggjer på bidrag frå over 60 bibliotekarar frå heile landet som har fått opplæring i nye formidlingsformer.
Litteratursida (www.litteratursiden.no) skal vere ei nasjonal teneste for litteratur og litteraturformidling i folkebiblioteka. Sida er førebels under planlegging. I Danmark finst det ei liknande teneste (www.litteratursiden.dk)
Nasjonalbiblioteket finansierer si formidlingsverksemd sjølv gjennom statstilskotet. I ein oppstartfase har prosjektmidlar frå ABM-utvikling eller andre vore løysinga for dei fleste av dei andre digitale tenestene drivne av biblioteka med potensial som nasjonale tenester. Det finst også døme på at digitale tenester får tilskot over statsbudsjettet. Dette gjeld til dømes Nord-sør-biblioteket, som er eit kompetansebibliotek med ei nettside. Tenesta vert drifta av Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus og tilskotet til tenesta er i 2009 på kr. 429 000. Tenesta er også ein del av Biblioteksvar. Bibliotekutgreiinga vurderer det som lite tenleg å oppretthalde det særskilde tilskotet til Nord-sør-biblioteket.
Biblioteka vil i aukande grad kunne utvikle tenester som går på tvers av institusjonsgrenser og geografi. Dette er positivt og fører til meir effektiv bruk av ressursar og enklare tilgjenge til tenestene for brukarane. Det vil i framtida kunne verte behov for ulike typar tenester som kan formidle digitale kjelder til ulike brukargrupper. Det er ei utfordring å sikre vidare drift av digitale tenester etter ein prosjekt- og utviklingsperiode.
Boks 7.5 Bibliotek 2.0
Bibliotek 2.0 er eit samleomgrep for nye måtar å utvikle og levere digitale bibliotektenester på. Ein kan tenkje seg at bibliotekkatalogen kan verte langt rikare, og brukarane kan få tilgjenge til fleire og meir varierte nettbaserte tenester. Gjennom Bibliotek 2.0 vil samspelet med brukarane endre seg. Brukarane vert partnerar og medspelarar, og vil i like stor grad vere produsentar som brukarar av informasjonstenestene i biblioteket.
Gjennom prosjektet 23 ting om 2.0 er det utvikla eit opplæringsprogram for bibliotekarar om nye 2.0-teknologiar som blogging, wiki, podkasting og korleis ein kan nytte desse teknologiane i biblioteka. Prosjektet har fått støtte av ABM-utvikling.
I Danmark administrerer Styrelsen for Bibliotek og Medier tilskot til ulike tenester i biblioteksektoren. Døme på slike tenester er leksehjelp, barnehagebibliotek, leselyst og retrokonvertering. Styrelsen forvaltar også den såkalla Netbibliotekspuljen, der biblioteka kan søkje om tilskot til drift av nye digitale tenester, konferansar og arbeidsseminar. Ei eiga koordineringsgruppe for nettbibliotek behandlar søknadene, og lagar ei tilråding til Styrelsen som vert lagt til grunn for vedtak. Dei ulike nettbiblioteka kan få støtte for fleire år om gongen.
7.10.3 Digital formidling av musikk i biblioteka
På musikkområdet gjer stadig nye medium for distribusjon seg gjeldande. Mp3-filer og I-Pod konkurrerer med CD-teknologien. Nedlastingar av musikk over nettet aukar, medan salet av CD-plater stagnerer eller går ned. Utlånet av musikk i biblioteka omfattar i dag stort sett utlån av CD-plater.
I 2004 starta prosjektet Låtlån med utlån av lydfiler i biblioteket ved Bergen offentlege bibliotek og Deichmanske bibliotek i Oslo. Brukarane fekk tilgjenge til Låtlån ved pålogging med lånekort på ei av datamaskinene i biblioteket tilkopla Internett. Brukarane kunne spele av dei musikkfilene dei ønskte å lytte til direkte (streaming). Det var også opna for å kjøpe musikken ved å laste ned eller brenne filene.
Utgangspunktet for musikktilbodet gjennom Låtlån var Phonofiles database med over 90 000 verk innanfor sjangrar som rock, hip hop, elektronica, jazz, klassisk, samtidsmusikk og folkemusikk. Tv2 Invest, Foreningen for Norske komponister og tekstforfattere (NOPA), Foreningen Norske Plateselskaper (FONO) og NRK Aktivum, som eig Phonofile, representerer over 250 norske og svenske plateselskap.
Sidan Låtlånprosjektet vart gjennomført, har det skjedd ei rekkje endringar som gjer at ein no kan vurdere å etablere ei digital teneste som tilbyr utlån og «streaming» av musikk «online». Eit moment som aukar fleksibiliteten og tilgjenget, er at fleire plateselskap fjernar kopisperra på musikken. Dette gjorde også Phonofile i 2007. For Phonofile betyr dette at tenesta no er plattformuavhengig, og at den kan nyttast av dei aller fleste MP3-spelarar som er tilgjengelege i dagens marknad.
Det er likevel framleis utfordringar knytte til kva for tekniske løysingar som eventuelt er nødvendig for å unngå ulovleg bruk av materialet, og kva for fleksibilitet dette gjev brukaren. Det er også knytt utfordringar til å finne prismodellar som er akseptable både for opphavsmennene og biblioteka.
I Danmark finst det ei spesiell bibliotekteneste for digital formidling av musikk. Prosjektet starta i 2004 under namnet Netlån og prosjektet har no gått over i ein driftsfase. Gjennom Netlån kan brukaren spele av musikken direkte, eller laste ned for utlån. Eit utlån varer i sju dagar. Lånaren kan i denne perioden overføre fila til ein mp3-spelar eller liknande. Når lånetida er ute, vil det ikkje lenger vere mogeleg å spele av dei nedlasta filene.
I løpet av prosjektperioden er nedlastinga og det digitale utlånet mangedobla, frå om lag 1 000 dagleg til om lag 10 000. Talet på brukarar av websida har stige frå rundt 500 til 45 000 per månad. Kostnadene er knytte til talet på nedlastingar, og biblioteka kjøper inn ei viss mengd nedlastingar til sine brukarar. Den største ulikskapen mellom den danske Netlån og den norske Låtlån er at den danske ordninga opnar for at brukaren kan laste ned musikken og at ein difor kan høyre den så mange gonger ein ønskjer i låneperioden. Ein treng altså ikkje sitje i det fysiske biblioteket og høyre på musikken.
Som omtala også i kap. 5 har innkjøpsordninga for fonogram skifta namn til innkjøpsordninga for musikk, og skal frå 2009 også omfatte innkjøp og distribusjon av digitalt publisert musikk. Kulturrådet arbeider no med ein modell for korleis musikkfiler skal kunne handterast ved påmelding til innkjøpsordninga, og kva tekniske krav filene som vert leverte, må oppfylle. Målet er å få til ei god behandling av dei påmelde filene både når det gjeld vurdering og distribusjon. I denne prosessen er det spesielt viktig å sikre uavhengig plattform, fleksibilitet for brukaren, og ei løysing som i størst mogeleg grad fremjar bruken av materialet. Det vil vere viktig at løysinga som vert vald for distribusjon av lydfilene, er enkel å integrere med eksisterande nettenester og system i biblioteka.
7.11 Departementets vurdering
Biblioteksøk
I denne meldinga er det eit viktig mål å leggje grunnlaget for at ei teneste med felles søk i alle landets bibliotekkatalogar, og ei teneste med brukarinitiert fjernlån, kan realiserast innan rimeleg tid. Biblioteksøk er eit svært viktig tiltak på bibliotekfeltet dei neste åra, og vil vere ein viktig føresetnad for på sikt å realisere ei teneste som felles abm-søk.
Metadata og katalogdata av god kvalitet er ein føresetnad for å kunne tilby ei teneste som Biblioteksøk. Nasjonalbiblioteket har ansvaret for å utvikle Nasjonalbibliografien med tilhøyrande standardar og teknologiske løysingar. Målet bør vere at kvart dokument vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk av metadata ved andre institusjonar. Nasjonalbiblioteket har i februar 2009 inngått ei avtale med Biblioteksentralen om å kunne nytte deira metadata som grunnlag for produksjon av Nasjonalbibliografien.
Den nye søkjetenesta Biblioteksøk skal no etablerast av Nasjonalbiblioteket og erstatte Norsk samkatalog for bøker. For å etablere ei slik teneste er det nødvendig å utvikle ein teknologisk infrastruktur på tvers av bibliotektypane med basis i internasjonale standardar. Dette krev at nasjonale aktørar på bibliotekfeltet samarbeider, og at det enkelte biblioteket legg til rette for at metadata kan haustast inn.
Nasjonalbiblioteket vil ha hovudansvaret for å nytte kompetanse, teknologi og ressursar for å utvikle Biblioteksøk. I tillegg vil ein stimulere aktørane til å oppgradere teknologisk infrastruktur slik at dei kan delta i tenesta. Dette vil vere eit viktig oppfølgingspunkt i eit vidare samarbeid mellom staten og fylkeskommunane om bibliotekutvikling.
Tilgangskontroll og identitetsforvaltning
Ei teneste som Biblioteksøk vil på sikt kunne utvidast med funksjonar som tingingsteneste og digitalt tilgjenge til materiale avhengig av brukarstatus. I denne samanhengen er det nødvendig med ei autorisasjons- og tilgangsteneste. Departementet meiner at det på sikt vil vere naturleg å knyte ei slik teneste til dei løysingane som vert etablerte gjennom Minside. Men det må også opnast for at autentisering kan gjerast av andre identitetstilbydarar. Utdanningssektoren vil framleis nytte Feide, så det er naturleg at også dette systemet vert knytt til ei slik teneste som identitetsforvaltar. Generelt bør løysinga vere slik at det er enkelt å innlemme fleire identitetstilbydarar etter kvart.
Digitalisering
Nasjonalbibliotekets digitaliseringsprogram skal kome alle til gode. Utfordringar med å gjere verna materiale allment tilgjengeleg digitalt er eit spørsmål om jus, avtaler og økonomi, som må finne sine ulike løysingar i eit samarbeid mellom opphavsrettsgrupper og styresmaktene. Til sist er dette eit spørsmål om kor stor den digitale kunnskapsallmenningen kan gjerast innanfor tilgjengelege økonomiske ressursar.
Nasjonalbiblioteket har bygt opp infrastruktur og kompetanse som gjer at institusjonen i dag er ein hovudaktør på bibliotekfeltet innanfor digitalisering. Nasjonalbiblioteket er eit viktig nasjonalt kompetansesenter og kan samarbeide med mange ulike aktørar i abm-feltet som planlegg å starte med digitalisering av samlingar.
Når det gjeld bøker, skal Nasjonalbiblioteket i prinsippet ha alt av norsk materiale. Det er difor ikkje noko poeng i at til dømes folkebibliotek skal starte digitalisering av eigne samlingar, utan at dette omfattar samlingar som ikkje finst i Nasjonalbiblioteket. Det vil vere av langt større verdi dersom folkebiblioteka nyttar ressursane sine til å oppgradere nødvendig teknologi slik at ein kan delta i tenester som Biblioteksøk. Folkebiblioteka kan også formidle materialet og medverke til at kunnskapen om det digitaliserte materialet, som til dømes fotografi, aukar.
Nasjonalbiblioteket har teke mål av seg til å digitalisere heile samlinga. Musea og arkiva arbeider også intensivt med digitalisering. Det er viktig at bibliotek, arkiv og museum samarbeider for å avklare gråsoner seg imellom. Digitaliseringsmeldinga går nærare inn på kva tiltak som vil vere nødvendige for å styrkje samarbeidet og samordninga innanfor abm-feltet.
Departementet viser til det pågåande prøveprosjektet Bokhylla.no. Departementet vil følgje prosjektet og leggje til rette for at Nasjonalbiblioteket kan arbeide vidare med å gje auka tilgjenge til digitalt materiale. Bokhylla.no kan, avhengig av utviklinga framover, danne modell for ein avtalelisens for tilgjengeleggjering av digitalt materiale.
Samordning av og samarbeid om digitalisering er også omtalt i kap. 10 og i digitaliseringsmeldinga.
E-boka og innkjøpsordningane
E-bøker er eit spanande produkt og ein må forvente ein aukande etterspurnad. Utviklingstrekk i til dømes USA og Japan tilseier at e-boka etter kvart også vil nå massemarknaden i Noreg. I dag vert det arbeidd med å få til tenlege bransjeordningar for sal og distribusjon av digitale bøker. I enkelte bibliotek vert utlån av e-bøker prøvd ut. Norsk kulturråd arbeider for å finne løysingar for påmelding og distribusjon av digitale bøker under innkjøpsordningane. Departementet legg til grunn at ein no er inne i ei brytningstid når det gjeld overgangen frå trykt til digitalt materiale. Departementet vil følgje opp arbeidet til Norsk kulturråd på dette feltet, og vurdere verkemiddelbruk, kostnader og innsatsar etter kvart som utviklinga tilseier det.
Lisens- og konsortieavtaler
Lisensiert materiale er svært viktige kunnskapskjelder for biblioteka. I dag nyttar særleg universitets- og høgskulesektoren mykje midlar på å gje tilgjenge til slike ressursar. Lisensiert materiale vil truleg kunne få aukande innverknad også for folkebiblioteksektoren. Det er ei utfordring at medan trykte publikasjonar har fritak frå meirverdiavgift, har dei elektroniske versjonane av dei same publikasjonane meirverdiavgift. Meirverdiavgiftsbehandlinga av trykte og elektroniske publikasjonar er ein del av den løpande vurderinga av regelverket. Regjeringa vil arbeide vidare med denne saka og sjå henne i samanheng med den internasjonale utviklinga.
I Noreg vil det ikkje vere samfunnsøkonomisk lønsamt å byggje opp kompetanse på konsortieavtaler i enkeltinstitusjonar i biblioteksektoren. ABM-utvikling har hatt hovudansvaret for dette arbeidet dei siste åra. Departementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal vidareutviklast. Ein føresetnad for at ein skal halde fram med å tilby slike tenester til biblioteka, er at ein oppnår gode vilkår og avtaler. I dette arbeidet er det viktig å ha god dialog med deltakarane og eit godt samarbeid over landegrensene. Det vil vere særleg viktig å styrkje samarbeidet om konsortieavtaler i Norden og resten av Europa.
Nasjonale lisensar
Nasjonale lisensar er eit mogeleg verkemiddel som kan sikre betre tilgjenge til ein del elektroniske kjelder for alle bibliotek. Dette kan demokratisere tilgjenget til aktuelle kjelder, og skape meir like vilkår for brukarar over heile landet. Kva kjelder som kan vere aktuelle for nasjonale lisensar, må drøftast nærare.
Departementet er positiv til å etablere nasjonale lisensar for biblioteksektoren, og vil at dette feltet skal utviklast vidare. Det overordna målet med nasjonale lisensar må vere å gje allment tilgjenge for innbyggjarane. Til utdannings- og forskingsføremål kan det vere interessant å byggje vidare på modellen ein ser i helsebiblioteket.no, med ei nærare definert målgruppe for dei nasjonale lisensane. Ein må òg sjå nasjonale lisensar i samanheng med andre modellar for vitskapeleg publisering, slik som opne institusjonsarkiv.
Departementet vil understreke at arbeidet med nasjonale lisensar må vere del av ein overordna strategi for tilgjengeleggjering av digitalt materiale i eit kultur- og kunnskapsperspektiv. Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor saman med Kunnskapsdepartementet vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Opne institusjonsarkiv
Kartlegging har vist at det i dag er altfor få artiklar som vert publiserte i opne institusjonsarkiv, men fleire av institusjonane i universitets- og høgskulesektoren ser det som ønskjeleg at dei tilsette skal publisere fleire forskingsresultat i arkiva. Det er eit mål å auke parallellpubliseringa i opne arkiv samstundes som ein tek vare på den kvalitetssikringa av norsk forsking som skjer gjennom internasjonal fagfellevurdering.
Kunnskapsdepartementet har no starta eit arbeid for sjå på korleis ein kan styrkje arbeidet med opne institusjonsarkiv i Noreg, og har bede Noregs forskingsråd og Universitets- og høgskolerådet om innspel til korleis dette kan skje. Kunnskapsdepartementet vil vurdere kva for prinsipielle avklaringar som bør gjerast, og kva for tiltak som kan stimulere til auka bruk av opne institusjonsarkiv. Emnet vert nærare drøfta i den komande forskingsmeldinga.
Digitale tenester
Biblioteka vil i aukande grad kunne utvikle tenester som går på tvers av institusjonsgrenser og geografi. Dette er positivt og fører til meir effektiv bruk av ressursar og enklare tilgjenge til tenestene for brukarane. I framtida kan det verte behov for ulike typar digitale tenester til ulike brukargrupper.
Nasjonalbiblioteket finansierer sine digitale tenester gjennom statstilskot, medan det kan vere behov for å sjå nærare på ulike modellar for organisering og finansiering av digitale tenester i folkebiblioteka. Departementet vil få utgreidd ulike modellar for korleis slike tenester kan drivast og finansierast utover prosjektfasen. Departementets generelle utgangspunkt er at formidlingsspørsmål er ein del av det løpande ansvaret for enkeltinstitusjonar i abm-sektoren.
Digitale tenester må elles med jamne mellomrom evaluerast. Dette gjeld også digitale tenester utvikla av Nasjonalbiblioteket og Arkivverket, og det gjeld Kulturnett.no, som ABM-utvikling har hatt ansvaret for. Når det gjeld Kulturnett.no vil departementet vurdere korleis denne tenesta best kan drivast i framtida.
Digital formidling av musikk
Departementet viser til at Norsk kulturråd arbeider med ei prøveordning med påmelding og distribusjon av digitalisert musikk gjennom innkjøpsordninga. Departementet vil følgje opp arbeidet med å gjere innkjøpsordninga medieuavhengig. Det er viktig at aktuelle aktørar deltek i arbeidet med å utforme ei ny ordning.
7.12 Tiltak og strategiar
Nasjonalbiblioteket vil i nært samarbeid med involverte aktørar realisere Biblioteksøk med utgangspunkt i moderniseringsbehov i Norsk samkatalog for bøker, og ei teneste med brukarinitiert fjernlån. Det vil vere behov for å stimulere folkebiblioteka til å oppgradere teknologisk infrastruktur slik at dei kan delta i ei slik teneste.
Nasjonalbiblioteket vil forenkle arbeidet med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk av metadata ved andre institusjonar.
Nasjonalbiblioteket vil avklare opphavsrett og personvernspørsmål slik at mest mogeleg av det digitaliserte materialet kan gjerast tilgjengeleg. Prosjektet Bokhylla.no kan på sikt danne modell for ein avtalelisens for digitalt materiale.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre involverte aktørar vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal utviklast vidare, og i særleg grad vurdere samarbeid i Norden og i Europa.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil få utgreidd ulike modellar for organisering og finansiering av digitale tenester i folkebiblioteka.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil følgje opp arbeidet med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig.
8 Ressursdeling og fjernlån
8.1 Innleiing
Samarbeid om bibliotektenester har fleire dimensjonar. Dei aspekta som går på organisatoriske verkemiddel for å få til eit betre samarbeid, spesielt lokalt og regionalt, og den nasjonale samordninga av arkiv-, bibliotek- og museumssektorane, vert drøfta i dei neste kapitla. Dette kapitlet ser nærare på lånesamarbeidet og ressursdelinga mellom biblioteka.
Samarbeidet om fjernlån er ei ryggrad i det tverrgåande biblioteksamarbeidet når det gjeld utveksling av fysiske eksemplar. Lovgjevinga på dette feltet utgjer samstundes eit hovudgrunnlag for utforminga av bibliotektenester og samhandling mellom ulike bibliotek.
I bibliotekutgreiinga vart det gjort framlegg om å utvikle eit brukarorientert og samarbeidande biblioteknettverk gjennom ei landsomfattande transportordning for distribusjon av bibliotekmateriale. Det vart også gjort framlegg om å endre biblioteklovgjevinga for å sikre samarbeidet i eit nasjonalt nettverk.
8.2 Fjernlån og ressursdeling i biblioteknettverket
Fjernlån er samarbeid mellom bibliotek, der biblioteka stiller samlingane sine til rådvelde for brukarar ved andre bibliotek gjennom lån mellom biblioteka. Samarbeidet gjev god utnytting av dei felles bibliotekressursane nasjonalt og internasjonalt. Ein føresetnad for eit fungerande samarbeid er at biblioteka har eit fornuftig sjølvforsyningsnivå. Fjernlån skal vere eit supplement til samlingane i biblioteket, og ikkje ei erstatning for manglande ressursar lokalt. Fjernlån omfattar både fysisk og digitalt materiale. Fysisk materiale i form av bøker, dvd-ar og liknande vert returnert til eigarbiblioteka, medan kopiar ikkje vert returnerte.
Ein annan definisjon på fjernlån er ressursdeling. I den konteksten blir målsetjinga med fjernlån å sikre felles tilgang til landets samla bibliotekressursar for alle som bur i landet. Dette betyr at alt materiale som er til heimlån i eitt bibliotek, også er tilgjengeleg for brukarar ved andre bibliotek gjennom fjernlånsamarbeidet. Mogelege framtidige samsøkfunksjonar i katalogane, forventningar om effektiv transport og framveksten av digitale format stiller nye krav til det eksisterande samarbeidet.
For folkebiblioteka er fjernlån indirekte nedfelt i lov om folkebibliotek § 1 der det står at folkebiblioteka er del av eit nasjonalt biblioteksystem. Retten til å få fjernlånstenester er derimot ikkje klart uttrykt i lova. Lova pålegg heller ikkje folkebiblioteka plikt til å yte fjernlån, men i § 3 står det at biblioteka skal følgje felles reglar om lånesamarbeid. Det er knytt ein forskriftsheimel til dette som aldri er nytta.
Etter § 9 i biblioteklova har fylkesbiblioteka eit ansvar for fjernlånsverksemda i fylket. Utviklinga av IKT har i praksis ført til at dei fleste folkebiblioteka no tek ansvar for sine eigne fjernlån og tingar desse direkte utan å gå vegen om fylkesbiblioteket. I tråd med denne utviklinga vart det i 2007 gjort nokre justeringar i retningsliner for reglement for fylkesbiblioteka, godkjende av Kultur- og kyrkjedepartementet 24. oktober 2007. Både punktet som omhandla fylkesbibliotekets plikt til å ha eigne samlingar, og punktet som pålegg fylkesbiblioteket å byggje opp samlingar etter den såkalla emnefordelingsplanen, vart fjerna.
Samarbeid om fjernlån for fag- og forskingsbiblioteka er ikkje nedfelt eksplisitt i lovverket, men i 1999 utarbeidde Statens bibliotektilsyn og Riksbibliotektenesta felles retningsliner for fjernlån for fag- og folkebiblioteksektoren. Retningslinene vart reviderte i 2002 og vil no verte reviderte på ny.
8.2.1 Omfanget av lånesamarbeidet
Statistikken for 2007 viser at nærare 900 000 dokument, i all hovudsak bøker, vart lånte mellom dei ulike biblioteka i Noreg. Fagbiblioteka låner mest til kvarandre, men sende også 46 280 lån til folke- og skolebiblioteka i 2007.
Nasjonalbiblioteket er ein viktig aktør gjennom lån frå Depotbiblioteket og er den enkeltinstitusjonen med størst utlån, dvs. ca 13 prosent av det totale fjernlånet. I 2007 effektuerte Depotbiblioteket nærare 100 000 lån, og av desse var 34 711 lån til folke- og skulebiblioteka.
Deichmanske bibliotek får eit statleg tilskot til Fjernlånssentralen for å formidle spesiallitteratur, dvs. litteratur som vanlegvis ikkje vert kjøpt inn av folkebibliotek, og eldre litteratur. I 2007 lånte Fjernlånssentralen ut 15 785 bøker. Tilskotet frå staten til dette var om lag 2 millionar årleg.
Fylkesbiblioteka stod for om lag halvparten av det fjernlånte materialet internt i fylka. Det er all grunn til å tru at ein stor del av resten av låna, var lån mellom folkebiblioteka innanfor same region. Unnataket er låna frå Nasjonalbiblioteket og fagbiblioteka.
Statistikken gjev ikkje nøyaktig informasjon om kva bibliotek som låner til kven, men det er truleg høg grad av sjølvforsyning av litteratur innanfor eit fylke, i alle fall når det gjeld litteratur og materiale av allmenn interesse. Det er ofte meir spesialisert materiale og eldre litteratur som vert lånt inn frå andre bibliotek enn folke- og fylkesbiblioteka i eigen region.
Figur 8.3 syner fordelinga av fjernlån mellom dei ulike bibliotektypane i 2007 og figur 8.4 syner utviklinga frå 2004–2007. Tala viser at folke- og fylkesbiblioteka samla stod for noko under halvparten av alle fjernlån. Samla sett er det folke- og fylkesbiblioteka som står for den største delen av fjernlåna. Fjernlåna frå folke- og fylkesbibliotek har auka i perioden.
I 2007 var det samla talet for utlån og nedlastingar i fag- og forskingsbibliotek over 10 millionar. Det er 700 000 e-bøker i samlingane til fag- og forskingsbiblioteka, men dette er bøker som ikkje kan sendast på fjernlån av opphavsrettslege årsaker.
8.2.2 Nasjonalbibliotekets depotbibliotek
Nasjonalbibliotekets depotbibliotek vart oppretta i samband med etableringa av Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana i 1989. Bakgrunnen for etableringa var å frigjere hylleplass i biblioteka ved å overføre lite brukt materiale til eit nasjonalt fellesmagasin. Det skulle fungere som eit felles sørvispunkt og gje betre funksjonsdeling for det norske biblioteksystemet. Mellom anna ville det vere mogeleg å byggje opp sentrale låne- og kopieringsfunksjonar.
Depotbiblioteket mottek litteratur frå norske fag- og folkebibliotek som har behov for å kassere delar av samlingane sine. På denne måten vert litteratur tilgjengeleg samstundes som biblioteka får redusert materialmengda. Andre bibliotek som seinare har behov for å kassere dei same publikasjonane, ser at litteraturen alt er tilgjengeleg fordi den finst i depotbiblioteket.
Mengda av publikasjonar som vert avleverte frå år til år, er avhengig av ryddesjauane i dei store biblioteka. Normalt vert det avlevert mellom 100 000 og 200 000 publikasjonar per år. Det er fagbiblioteka som avleverer mest materiale. Rundt rekna 80 prosent av publikasjonane som vert avleverte, kjem frå fagbiblioteka.
Etter mottak vert litteraturen registrert i BIBSYS. Eksisterande katalogdata vert brukte om igjen så langt det let seg gjere, for å redusere manuell registrering til eit minimum. Norsk litteratur vert prioritert i registreringsprosessen. Dei registrerte publikasjonane vert lagra i automatlageret, som sikrar god og effektiv uthenting av samlinga.
Depotbiblioteket har hatt ein jamn auke i fjernlånet sidan oppstarten i 1989. I 2008 var fjernlånet på 103 000 fordelt på 96 000 bøker, 5 000 mikrofilmar og 2 000 kopiar av tidsskriftartiklar. Fjernlåna frå Depotbiblioteket er likt fordelte mellom fag- og folkebibliotek.
Nasjonalbiblioteket rapporterer om at Depotbiblioteket er ein av dei raskaste fjernlånsleverandørane i Norden. 66 prosent av materialet når mottakarane etter to dagar, 23 prosent når mottakarane tre til fire dagar etter at det er tinga, og 11 prosent når mottakaren meir enn fire dagar etter at det er tinga.
Tabell 8.1 Avlevering til Depotbiblioteket 2004–2008
Monografiar | Tidsskrifter (hefte) | Sum avleverte publikasjonar | |
---|---|---|---|
2004 | 33 240 | 70 950 | 104 190 |
2005 | 55 400 | 89 550 | 144 950 |
2006 | 44 240 | 256 650 | 300 890 |
2007 | 45 520 | 152 550 | 198 070 |
2008 | 69 400 | 58 500 | 127 900 |
Kjelde: Kjelde: Nasjonalbiblioteket
Som vist i figur 8.3 står Nasjonalbiblioteket for 13 prosent av fjernlånet i Noreg, og mesteparten kjem frå Depotbiblioteket. Dette gjer Depotbiblioteket til den enkeltaktøren som har størst utlån. Dette, kombinert med hurtig effektuering av tingingar gjer at det ikkje er tvil om at Depotbiblioteket er ein viktig aktør i fjernlånsarbeidet.
Tabell 8.2 Depotbibliotekets samlingar per april 2009
Bøker | 777 000 |
Tidsskrifter (hefte) | 1 640 000 |
Mikrofilmar | 53 000 |
Lydbøker | 1 600 |
Musikk (CD-ar) | 1 500 |
Kjelde: Kjelde: Nasjonalbiblioteket
8.2.3 Logistikk- og transportsystem
I fleire år framover vil biblioteka måtte forsyne brukarane med fysisk bibliotekmateriale. Ein føresetnad for saumlause bibliotektenester med god fjernlånsflyt er eit operativt og kostnadseffektivt transportsystem. Rask dokumentlevering krev gode interne rutinar og ein effektiv transport slik at brukarane får tingingane sine så fort som mogeleg. Pris og miljøomsyn er viktige faktorar.
Tradisjonelt har levering mellom biblioteka vorte utført av Posten. Dette har vore arbeidskrevjande for biblioteka og det har kravt pakking, frankering og adressering. Dei siste åra har andre tilbydarar av boktransport kome til. I nokre fylke betalar fylkesbiblioteka ein stor del av transportkostnadene for folkebiblioteka.
Fleire fylke nyttar transportselskap eller har eigne bokbilar som køyrer mellom biblioteka i regionen. Slike transportordningar fører til enklare rutinar. Dokumenta vert lagde i kasser utan innpakking. Transportfirmaet hentar kassene og køyrer direkterute mellom biblioteka eller samlar opp og sender via post eller spedisjon til andre delar av landet. Røynslene med dei regionale transportordningane er at dei fungerer bra i tettbygde strøk. I område med mange bibliotek og relativt korte avstandar er slik transport effektiv og rimeleg for biblioteka og lønsam for transportørane.
Norsk Bibliotektransport (NBT) er ei privat verksemd som har spesialisert seg på transport mellom bibliotek. NBT har 204 kundar, dei fleste i austlandsregionen. Biblioteksentralen AL har varsla at dei snart kan tilby ei landsdekkjande transportteneste for bøker. Dei etablerte regionale transportordningane vil danne grunnlaget for ei slik ordning. Det er ei utfordring å få til full dekning over heile landet.
Behovet for gode logistikksystem blir truleg endå større når bestillingstenesta i Biblioteksøk kjem i bruk. I Danmark auka fjernlånet svært mykje det første halve året etter at ei liknande teneste var innførd. Som ein konsekvens av dette vil det vere behov for å vurdere tiltak som kan utvikle og betre logistikk- og transportsystemet i biblioteksektoren.
Ein gong i framtida vil truleg behovet for å fysisk frakte bibliotekmateriale frå ein stad til ein annan minke. Veksten i digitale dokument aukar raskt og på eit tidspunkt vil dagens opphavsrettslege problemstillingar når det gjeld digitale lån, kunne vere løyste. Større bruk av e-boklesarar og fildistribusjon kan føre til at transporten av fysiske dokument vert mindre. Inntil desse opphavsrettslege og distribusjonsmessige løysingane kjem, vil det framleis vere behov for å sikre god transport av bibliotekmateriale mellom biblioteka. ABM-utvikling arbeider for tida med ei utgreiing om ei nasjonal transportordning.
Boks 8.1 Biblioteksamarbeid i Østfold
I Østfold er samlingar og kompetanse i alle folkebibliotek, Høgskolen i Østfold og alle dei vidaregåande skulane i fylket tilgjengelege for innbyggjarane, på tvers av kommunegrenser og forvaltningsnivå. Samarbeidet er i praksis organisert rundt ei transportordning. Biblioteka har ei felles sørviserklæring og eit felles utlånsreglement. Dagleg vert det køyrt transport mellom høgskulebiblioteka og folkebiblioteka i fylket. Dette gjer at brukarane både kan tinge, låne og levere inn bøker frå den samla bokstammen i dei samarbeidande biblioteka ved alle filialar. I Bibliofil er det laga eit enkelt digitalt samsøk for Østfoldbiblioteka.
Transportordninga i Østfold har frigjort tid ved at ein slepp å pakke og frankere bøkene. No vert bøkene lagde i ei kasse med ein følgjesetel. Høgskulen har nokre restriksjonar på eigne samlingar fordi biblioteket først og fremst må syte for at studentane vert prioriterte. Desse biblioteka følgjer praksis om ikkje å sende ut bøker på fjernlån før dei har stått ein månad i hyllene. Vidare kan det vere restriksjonar på pensumlitteratur i pressperiodar. Folkebiblioteka gjev også innspel til høgskulebiblioteket om bøker dei ønskjer at høgskulen skal kjøpe inn, og som dei sjølve ikkje ser seg i stand til å kjøpe.
8.3 Gratisprinsippet og fri lånerett
Eitt av dei grunnleggjande prinsippa for ideen om folkebibliotek er gratisprinsippet. Alle skal sikrast fritt og likt tilgjenge til ressursane i biblioteka. Gratisprinsippet slår fast at tenestene ved biblioteket skal vere gratis for brukarane. Folkebiblioteklova § 1 første ledd lyder slik:
Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet.
Den frie låneretten er eit anna grunnleggjande prinsipp som også går fram av § 1 første ledd. Dette inneber at folkebiblioteka ikkje kan avgrense samlingar og tenester til innbyggjarar i eigen kommune. Alle skal kunne nytte bibliotektilbodet i kommunen, og det som kan lånast av ein innbyggjar, skal og kunne lånast av ein annan, utan omsyn til kvar han eller ho bur i landet. Ein del bibliotek bryt dette lovkravet, særleg når det gjeld nyare materiale eller særskilde typar materiale, som lydbøker og musikk. Likevel ser ein at fleire og fleire bibliotek no legg til rette for å følgje dette lovpålegget.
Gratisprinsippet i folkebiblioteklova omfattar ikkje fag- og forskingsbiblioteka. Forbodet mot utleige i åndsverklova § 19 andre ledd gjeld tilsvarande for desse biblioteka, og inneber at heller ikkje desse biblioteka kan ta betalt for utlån av bøker. Åndsverklova er derimot tolka slik at mindre kostnader, til dømes til ekspedisjon, ikkje vert omfatta av utleigeforbodet. Fag- og forskingsbiblioteka kjøper mange lisensar til digitale verk og tidsskrifter. For desse publikasjonane er det lisensavtala som regulerer retten til å ta betalt ved vidareformidling.
I ei digitalisert bibliotekframtid opnar det seg nye løysingar og fleire tenestetilbod. Gratisprinsippet ligg fast og legg saman med lov om opphavsrett rammene for korleis utviklinga av tilbodet vert i framtida. Så lenge brukaren ikkje skal betale for tenester ved folkebiblioteka, vert det opp til kommunen å prioritere kor vidt tenestetilbodet skal vere ut frå eigne budsjett.
8.4 Spørsmålet om felles biblioteklov
I 2002 fekk Senter for bibliotekutvikling ved Høgskolen i Oslo i oppdrag å greie ut spørsmålet om ei felles biblioteklov. 3 I utgreiinga vart det gjort framlegg om å utforme ei lov om bibliotektenester som pålegg alle offentlege bibliotek å delta i biblioteknettverket, mellom anna gjennom å yte fjernlån og ved kunnskapsdeling.
Det vart argumentert med at ei lov om bibliotektenester bør fastslå prinsippet om at offentleg finansierte bibliotek skal stille sine ressursar til disposisjon gjennom fjernlånsamarbeid, og gje det alminnelege publikum rett til å nytte dei biblioteka lova gjeld for. Vidare bør lova stimulere til ulike former for samarbeid og fellesløysingar mellom folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. Mellom anna bør § 4 i dagens biblioteklov, som opnar for interkommunalt samarbeid, utvidast og i tillegg opne for driftsfellesskap mellom ein kommune og ein høgskule. Det vert også rådd til at det vert opna for at brukarar frå eigen institusjon i periodar kan prioriterast.
Med utgangspunkt i utgreiinga om felles biblioteklov opna Bibliotekreform 2014 for at det kan vere tenleg å samle lovgjevinga for fleire bibliotektypar i same lov. Føremålet med ei felles lov skulle vere å fremje det saumlause biblioteket, synleggjere alle bibliotek, nyttiggjere offentlege ressursar best mogeleg og sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike bibliotektypane, mellom anna ved å påleggje dei å gjennomføre lånesamarbeid. Vidare vert det peika på at nettverk med felles standardar er viktig, spesielt i ei digital tid. Det som talar mot ei felles lov, er at universitets- og høgskulebiblioteka er integrerte i sine moderinstitusjonar, og at dei først og fremst skal tene desse.
Spørsmålet om det er tenleg å utarbeide ei felles biblioteklov for heile bibliotekfeltet, er ei av problemstillingane som det vart bede om særleg tilbakemelding på i høyringa av bibliotekutgreiinga. Høyringssvara og grunngjevingane er delte. Generelt kan det seiast at kommunane og folkebiblioteksektoren er positive til ei slik endring, medan universitets- og høgskulesektoren, Nasjonalbiblioteket og KS tvilar på om ei felles lov vil vere ei god løysing for utfordringane i sektoren. Mange av argumenta som vert framførte i utgreiinga, vert gjentekne i høyringssvara. Dessutan trekkjer ei rekkje høyringsinstansar fram følgjande:
Pålegg om å delta i eit felles biblioteknettverk kan sikre likt tilgjenge til biblioteka sitt materiale over heile landet, noko som også er nødvendig for å sikre likt tilgjenge til kultur- og kunnskapskjelder, og leggje til rette for desentraliserte studiar
Ei felles lov vil danne grunnlaget for felles lånekort i alle landets bibliotek, og felles søkje- og tingingsfunksjon.
Ein sikrar at gratisprinsippet vert vidareført i heile biblioteksektoren.
Ein kan stille konkrete krav til kompetanse i alle biblioteka.
Ein tydeleggjer kva for offentlege styringsmakter som er ansvarlege for bibliotektenestene innanfor dei ulike sektorane og dei ulike utdanningsnivåa.
KS meiner at ei lovfesting av rettar innanfor biblioteksektoren kan få uheldige konsekvensar for deira medlemmer. Føresetnaden for å støtte ei slik felleslov er difor at lova ikkje har fokus på rettar, samstundes som staten dekkjer dei meirkostnadene ei eventuell endring vil medføre.
Universitets- og høgskulesektoren tviler på at eit felles lovverk kan medverke til auka effektivitet i biblioteknettverket. Det vert hevda at lovgjeving ofte kan hemme kreativitet og rask tilpassing, og at gode økonomiske ordningar er viktigare enn felles lov. Universitets- og høgskulesektoren peikar på at det er viktigare å harmonisere den lovgjevinga som alt finst på feltet, framfor å utarbeide ei felles lov.
Nasjonalbiblioteket stiller spørsmål ved om lov i det heile tatt er det riktige verkemidlet for eit samarbeidande biblioteknettverk. Nasjonalbiblioteket meiner at det er behov for ei meir spesifikk drøfting av ulike verkemiddel, før ein kan konkludere med at det er rett å utvide dagens biblioteklov. Dei meiner vidare at lovheimling ofte fungerer som eit defensivt verkemiddel som gjer at innsatsen ikkje vert utviklingsretta, men konsentrert om å forsvare eksisterande løysingar. Nasjonalbiblioteket gjer dessutan framlegg om å avvikle eksisterande biblioteklov og erstatte henne med felles tiltak og program som kan gje bibliotekeigarane grunnlag for samarbeid, og fordelar av å delta i samarbeidet. Slike samarbeid må vekse fram av utviklingsarbeid i institusjonane. Drammensbiblioteket vert nemnt som eit godt døme.
8.5 Departementets vurdering
Lånesamarbeidet
Eit velfungerande nettverk av samarbeidande bibliotek føreset at kvart enkelt bibliotek i større grad forpliktar seg til å yte fjernlån i dette arbeidet. Lånesamarbeidet er på mange måtar sjølve ryggrada i samarbeidet, og sjølv om departementet har inntrykk av at dette stort sett fungerer godt, kan det vere grunn til å sjå nærare på kva tiltak som kan styrkje lånesamarbeidet. Ei framtidig teneste som felles søk i alle bibliotekkatalogar og høve til å tinge materiale direkte, kan føre til auka etterspurnad etter fjernlånstenester i ein periode. For å sikre at biblioteka skal klare å handtere ein slik etterspørselsauke, vil det vere viktig å ta eit betre grep om transportsystemet i biblioteksektoren.
Departementet meiner at god transport av materiale både krev gode regionale løysingar og ein nasjonal overbygning. Departementet er einig i at statlege tilskot av den typen som Deichmanske bibliotek hittil har motteke til Fjernlånssentralen, ikkje skal halde fram. Depotbiblioteket i Nasjonalbiblioteket medverkar etter kvart meir til fjernlånet, og folkebiblioteka tingar sjølve det dei treng direkte frå andre folkebibliotek og fagbibliotek. Desse midlane bør difor heller nyttast til tiltak som kan styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet. Departementet vil vurdere nærare kva verkemiddel som vil vere dei mest tenlege for å sikre eit velfungerande system over heile landet. Nasjonalbibliotekets depotbibliotek skal utviklast vidare, og departementet vil ta initiativ til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk.
Felles biblioteklov
Departementet viser elles til framlegget om å innføre ei felles biblioteklov for å styrkje det samarbeidande biblioteknettverket. Departementet meiner at i prinsippet kunne ei felles biblioteklov medverke til å bryte ned barrierar mellom bibliotektypane, sikre samarbeidet i eit nasjonalt biblioteknettverk og sikre alle tilgjenge til landets samla bibliotekressursar. Departementet meiner likevel at utgreiinga om felles lov er lite spesifikk når det gjeld innhaldet i ei slik lov ut over at føremålet er å sikre gode bibliotektenester og tilgjenge til landets samla bibliotekressursar for alle, uavhengig av bustad, arbeidsplass eller tilknyting til utdanningsinstitusjon. Dei økonomiske utfordringane knytte til ei eventuell felleslov er ikkje behandla, og det reelle behovet for at «alle skal ha tilgjenge til alt» er heller ikkje vurdert i særleg grad, samstundes som det går fram av utgreiinga at fjernlånet i dag fungerer godt.
Dagens biblioteklov heimlar eit samarbeidande biblioteknettverk i §§ 1, 3 og 9. Men denne lova gjeld, som tidlegare nemnt, berre for folkebibliotek. I dagens biblioteklov er det den felles utnyttinga av samlingane som er i fokus, medan samarbeid om utnytting av den samla kompetansen ikkje er spesielt omtalt.
Prinsippet om den frie låneretten er ein like viktig berebjelke i lovverket som gratisprinsippet. I omgrepet «alle som bur i landet» ligg at eit folkebibliotek ikkje kan gje førerettar til tenester og samlingar til kommunens eigne innbyggjarar. Dette vert likevel praktisert ulikt i dag, og særleg når det gjeld fjernlån mellom biblioteka vert enkelte medietypar unnateke fjernlån ved nokre bibliotek. Når biblioteklova seier at folkebiblioteka er ledd i eit nasjonalt biblioteksystem, betyr dette likevel ikkje ei plikt til å yte fjernlån, sjølv om det ut frå forarbeida til lova kan sjå ut til at dette har vore intensjonen.
Sjølv om biblioteklova § 3 faktisk heimlar ei forskrift for lånesamarbeid, er det ikkje utarbeidd ei slik forskrift. Dei felles retningslinene for fjernlån for folke- og fagbibliotek som Statens bibliotektilsyn og Riksbibliotektenesta i si tid utarbeidde, er difor berre rettleiiande. Lovverket som gjeld for universitets- og høgskulebibliotek har ikkje ein tilsvarande heimel, og det er difor eit spørsmål om det kan vere føremålstenleg å ta inn ein tilsvarande forskriftsheimel som kan danne grunnlaget for ei felles forskrift om lånesamarbeid, i regelverket som gjeld for universitets- og høgskulebibliotek.
ABM-utvikling er no er i gang med å utarbeide nye, felles retningsliner for fjernlånssamarbeidet. Departementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebibliotekova § 3. Etter forvaltingslova, kap. 7, skal forvaltingsorganet sjå til at alle saker er godt opplyst og at partane får uttale seg, før endeleg vedtak vert fatta.
Ei utfordring for ei felles biblioteklov er gratisprinsippet som i dag gjeld for folkebiblioteksektoren, medan ein i fag- og forskingsbiblioteka i dag tek betalt for ekspedisjonskostnader for kopiar og originaldokument. Særleg universitets- og høgskulesektoren brukar i dag også store delar av sine ressursar på lisensavtaler, oftast inngått med utanlandske tidsskriftutgjevarar. Ei eventuell innføring av gratisprinsippet i fag- og forskingsbiblioteka kan innebere ein markant kostnadsauke for bibliotekeigaren eller eit meir avgrensa tilgjenge til materiale for brukarane. Det kan synast noko usikkert om og korleis ei felles lov kan påverke gjeldande lisensavtaler. Til dømes kan auka tilgjengeleggjering (dvs. ei utvida brukargruppe) til materiale som i dag vert omfatta av lisensavtaler, føre til endringar i kostnadene. Ein må også rekne med at ein god del av materialet i forskingsbiblioteka er av mindre interesse for den alminnelege bibliotekbrukaren.
Prinsippet om den frie låneretten kan også skape problem for fag- og forskingsbibliotek. Primærfunksjonen til desse biblioteka er å tilby og vidareutvikle relevante tenester for interne brukarar, men samstundes skal dei offentlege universitets- og høgskulebiblioteka og spesialbiblioteka vere en del av biblioteknettverket. Det bør vere ein opning for at tenester og tilgjenge til spesielt materiale i ein del tilfelle kan vere reservert for bruk på undervisningsstaden eller for interne brukarar.
I samband med utviklinga av felles søkje- og tingingstenester vil det vere aktuelt å innføre differensiert tilgjenge til enkelte ressursar, avhengig av brukarstatus og kva føremålet med bibliotekbruken er. Eit slikt differensiert tilgjenge kan gjere det enklare å avklare kostnadene ved nødvendige lisensavtaler. Innføring av eit felles lånekort, som opnar for differensiert tilgjenge til bibliotekmateriale, er ikkje noko som er nødvendig å regulere i ei felles lov. Ei felles biblioteklov er heller ikkje nødvendigvis det mest tenlege verktøyet for å sikre eit godt samarbeid mellom fag- og folkebiblioteka.
Departementet kan ikkje sjå at det har kome fram argument som i tilstrekkeleg grad underbyggjer at det er behov for ei felles biblioteklov som femner om heile biblioteksektoren. Departementet konkluderer difor med at det ikkje er nødvendig å utforme ei felles biblioteklov for heile biblioteksektoren for å nå målet om eit betre samarbeidande biblioteknettverk. Kunnskapsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for å finne andre måtar som sikrar eit godt samarbeid om bibliotektenestene på tvers av sektorane.
Kunnskapsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet vurderer det difor som ei betre løysing å harmonisere og revidere det eksisterande lovverket under begge departement, for å oppfylle det felles ansvaret det er å sikre brukarane gode bibliotektenester. Ein slik gjennomgang må også ha som mål å utvikle eit lovverk som er betre tilpassa utfordringane i biblioteksektoren, og som opnar for meir fleksible løysingar for drift og organisering av bibliotektenestene.
Kunnskapsdepartementet varslar at det vil bli oppretta ei gruppe som skal greie ut nye lovføresegner i universitets- og høgskulelova for å støtte opp under deltakinga i biblioteksamarbeidet for universitets- og høgskulebiblioteka.
I ein prosess for å harmonisere lovverket vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere ei rekkje justeringar i biblioteklova. Dette omfattar
justeringar i føremålsparagrafen til folkebiblioteklova, særleg knytte til ansvaret for aktiv formidling og møteplassfunksjon
organisering og drift av bibliotektenester med tanke på å opne for meir fleksible organisatoriske løysingar
fylkeskommunens ansvar for bibliotektenester
kompetansekravet i folkebiblioteklova og behovet for fleksibilitet i organiseringa av tenester
krav til og standardar for folkebibliotekdrift
8.6 Tiltak og strategiar
Statstilskotet til Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek vil verte fjerna. I staden vil departementet vurdere andre tiltak som kan medverke til å styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet i biblioteknettverket. Ei vidare utvikling av Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket vil vere eit viktig enkelttiltak. Det vil dessutan bli teke initiativ til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk.
Nye, felles retningsliner for lånesamarbeid er under utarbeiding, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebiblioteklova § 3.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil harmonisere lovverket for folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek for å styrkje samarbeidet mellom biblioteka.
I ein prosess for å harmonisere lovverket på bibliotekfeltet vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere justeringar i folkebiblioteklova.
9 Organisering og drift av bibliotektenester lokalt og regionalt
9.1 Innleiing
Dette kapitlet omhandlar sentrale aspekt som går på organisatoriske verkemiddel for å få til betre samarbeid og samordning, spesielt lokalt og regionalt. Folke- og fylkesbiblioteka har særlege utfordringar knytte til forventningar om eit betre bibliotektilbod, samstundes som mange folkebibliotek strevar med å halde eit tilstrekkeleg høgt nivå, både fagleg og personalmessig. Når det gjeld å utvikle folkebiblioteka, har kommunane i dag eit klart hovudansvar, men i dette kapitlet vert mogelege statlege verkemiddel som kan stimulere til meir fleksibel og tenleg organisering av bibliotektenestene på tvers av eksisterande kommunegrenser, og styrking av kompetansen, drøfta. I eit slikt perspektiv vert også framtida for dei tenestene som i dag vert utførte av fylkesbiblioteka, drøfta.
I bibliotekutgreiinga vart det gjort framlegg om å etablere større folkebibliotekeiningar ved at fleire kommunar innanfor eit geografisk område samlar sine bibliotekressursar til eit nytt konsolidert bibliotek (der det å konsolidere betyr både å styrkje og å samle). Framlegget var at det skulle vere minst 6 – 8 årsverk med variert kompetanse i ei ny bibliotekeining, som kunne vere samansett av fleire fysiske bibliotekavdelingar. Det er understreka at alle kommunar skal ha minst éi folkebibliotekavdeling i tråd med folkebiblioteklova, og at det er snakk om driftssamarbeid mellom kommunar.
Behovet for større samla personalressursar, betre leiing og auka kompetanse var grunnlaget for framlegget. Det vart konkludert med at mannskap og kompetanse i biblioteka i dag ikkje er tilfredstillande, og at det er behov for eit kompetanseløft. Behovet for fornying av kompetansen har samanheng med generasjonsskifte, og at dei tilsette må meistre nye utfordringar og behov. I bibliotekutgreiinga vart det gjort framlegg om å etablere eit nasjonalt kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren.
Vidare vart det gjort framlegg om at fylkesbiblioteka bør utviklast til regionbibliotek med rettleiings-, koordinerings- og utgreiingsoppgåver, og at vanlege driftsoppgåver bør overlatast til folkebiblioteka. Fylkesbiblioteka kan byggje opp nettverk og kompetanse og forankre biblioteksektoren i regionale politiske planprosessar.
I høyringsfråsegnene gav alle kommunane inntrykk av ei positiv haldning til å styrkje samarbeidet, og ønskjer å prøve ut ulike samarbeidsmodellar. Men mange av dei mindre kommunane meiner at framlegget om konsolidering er for bastant. Fleire av dei større kommunane og nokre av dei mindre kommunane med røynsler frå vellukka kommuneoverskridande samarbeid på andre område, er positive til framlegget. Dei fleste fylkeskommunane er positive til konsolidering og viser til røynsle frå eige fylke, men mange understrekar at det bør vere rom for ulike samarbeidsmodellar.
Framlegget om eit kompetanseutviklingsprogram vart teke særleg godt i mot i kommunane. Universitets- og høgskulesektoren er særleg oppteken av at det vert utvikla kompetanseutviklingstiltak knytte til pedagogikk, formidling og rettleiing. Mange peikar på at fylkesbiblioteka bør utviklast vidare som regionale kompetanse- og utviklingsaktørar.
9.2 Samarbeid om folkebibliotek og bibliotekutvikling
Dei siste 15 åra er det sett i verk mange interkommunale samarbeidsprosjekt i folkebiblioteka, og fleire av desse har vart i mange år. Døme på slike samarbeid finst i Nordhordland, i Namdalen, i Hallingdal og fleire andre stader. Norsk Bibliotekforening har på sin nettstad laga eit oversyn over dei ulike samarbeidstiltaka som gjeld i dag. Dei aller fleste av samarbeidsprosjekta av noko omfang har fått støtte av ABM-utvikling eller tidlegare Statens bibliotektilsyn.
Graden av forpliktande samarbeid har variert. Samarbeidet har handla og handlar i første rekkje om ulike former for interkommunalt samarbeid, om tenester mellom folkebibliotek i ein region, men ikkje om å samarbeide fullt ut om ressursar og personale. I Nordhordland der åtte kommunar samarbeider, har ein til dømes åtte biblioteksjefar, men ingen barnebibliotekar. Andre stader er det etablert samarbeid mellom to kommunar der den eine kommunen kjøper biblioteksjeftenester frå den andre.
ABM-utvikling melder at desse interkommunale samarbeidsformene gjev ei viss utteljing, men at det ofte ikkje er forpliktande nok til å få til det siste løftet som er nødvendig. Utfordringa er i stor grad knytt til kompetanse, og her er det viktig å skilje mellom den kompetansen som skal liggje i førstelinetenesta i alle bibliotek (rettleiing og formidling), og den kompetansen som må samlast på eit høgare nivå (leiing, utvikling og planlegging). Det er ei utfordring å lyfte samarbeidet opp til politisk og administrativ behandling i fleire samarbeidande kommunar, slik at bibliotek kjem høgare på den politiske dagsordenen.
Opninga i § 4 i Lov om folkebibliotek om at folkebiblioteket kan drivast i heilt eller delvis driftsfellesskap med annan kommune, fylkeskommune eller statleg institusjon, er ikkje teken i bruk med eitt unnatak. I dag er det framleis berre Tønsberg og Nøtterøy kommunar som samarbeider slik at to kommunar dannar eit integrert bibliotek med felles administrasjon og med bibliotekavdelingar både i Tønsberg og på Nøtterøy. Det er heller ingen kommune som har søkt om unnatak frå kravet om å ha folkebibliotek i kommunen slik den same paragrafen opnar opp for: «Departementet kan gjøre unntak fra første ledd for forsøksvirksomhet.»
Dei samarbeidstiltaka som er etablerte, er eit uttrykk for at det trengst samarbeid over kommunegrensene for å utnytte ressursane betre. Dei ulike samarbeidstiltaka som er sette i verk, gjev eit godt grunnlag å byggje vidare på, og kan vere eit første steg i retning av meir forpliktande samarbeid i folkebiblioteksektoren. ABM-utvikling har i 2008 lyst ut midlar til å greie ut biblioteksamarbeid mellom fleire kommunar innanfor vertskommunemodellen, jf. nærare omtale i pkt. 9.3.2.
Den teknologiske utviklinga dei siste åra har skapt nye samarbeidsformer i biblioteksektoren, mellom anna med omsyn til IKT-basert søk etter bibliotekmateriale og organisering av utlån. Som tidlegare omtala, har dette ført til at fylkesbibliotekets oppgåver over tid har endra karakter. Frå å vere sentrale i fjernlånsamarbeidet i fylka, arbeider fylkesbiblioteka i dag i større grad med kompetanseutvikling, samordning og utviklingstiltak. Det er ein tendens til at driftsoppgåvene som til dømes medieforsyning og mobil bibliotekteneste blir overførte til folkebiblioteka.
Fylkesbiblioteka er i dag svært ulike, og det varierer i kva grad det er teke grep for å flytte driftsansvar til folkebiblioteka. For mange av dei små folkebiblioteka fungerer fylkesbiblioteket som den faglege instansen som kan kontaktast for å få råd. Mange av dei mindre biblioteka har også nytte av å delta i ulike utviklings- og kompetansetiltak organiserte av fylkesbiblioteket. Der fylkesbiblioteket driv aktivt utviklingsarbeid, har også dei større kommunane nytte av det. Eit døme på dette er Vestfold, der bykommunar som Sandefjord og Larvik gjev uttrykk for at dei har nytte av det arbeidet fylkesbiblioteket gjer for heile regionen, og i samarbeid med andre fylkesbibliotek.
I Oppland har fylkesbiblioteket vore pådrivar for å lage regionale bibliotekplanar som er vedtekne i kommunane. Biblioteksamarbeidet i Oppland er òg forankra i regionråda. Prosjektet Sømløst Oppland har vore retta mot å utvikle både fysiske og digitale saumlause tenester. Ein felles bibliotekportal er vegvisar inn til alle kommunane og bibliotektenestene på nett. Også i Østfold er samlingar og kompetanse i alle folkebiblioteka, Høgskolen i Østfold og alle dei vidaregåande skulane i fylket gjorde tilgjengelege for alle innbyggjarane. Fylkesbiblioteket har arbeidd aktivt med dette.
9.3 Om interkommunalt samarbeid i kommunelova
9.3.1 Samarbeid etter § 27
Kommunelova § 27 gjeld interkommunalt og interfylkeskommunalt samarbeid om løysing av felles oppgåver. Fleire kommunar, fleire fylkeskommunar eller begge delar kan opprette eit eige styre, og kommunestyret eller fylkestinget kan gje fullmakter til å ta avgjerder som gjeld drift og organisering av verksemda. Etter kommunelova § 27 andre ledd skal vedtektene for det interkommunale styret ha føresegner om samansetning, ansvarsområde, innskot og om det er høve til å ta opp lån. Vidare er det reglar om oppseiing av deltakinga.
Denne måten å organisere samarbeid mellom kommunar og ev. fylkeskommunar på kan også nyttast for samarbeid om bibliotektenester. Der ein vil prøve ut ei organisering der fylkeskommunen får eit sentralt ansvar, kan ei organisering etter kommunelova § 27 vere tenleg.
Dei fleste av dei interkommunale samarbeidsløysingane mellom bibliotek er oppretta ved avtaler, og ikkje etter modell av kommunelova § 27, med eit felles styre. For nokre av samarbeidsløysingane finst det regionale bibliotekplanar som er vedtekne i dei involverte kommunane.
Telemarksbiblioteket er til dømes oppretta som eit felles bibliotek for Telemark fylkeskommune og Nome kommune med felles styre. Telemarksbiblioteket er både fylkesbibliotek for Telemark og folkebibliotek for Nome kommune.
Tønsberg og Nøtterøy har samarbeidsavtale mellom dei to kommunane, godkjende av begge kommunane og med felles styre. Samarbeidet femner om både bygg, drift og fordeling av kostnadene. Økonomiplan og budsjett skal godkjennast av kommunestyra i begge kommunane. Det same gjeld ved vesentleg utviding eller omlegging av verksemda. Eventuell oppseiing av avtala skal gjerast med minimum 3 års varsel. Biblioteksjefen har ansvar for all dagleg drift, inklusive personalansvar og tilsetjingar.
9.3.2 Vertskommunemodellen
Vertskommunemodellen er heimla i kommunelova §§ 28a-28 om vertskommunesamarbeid. Føresegnene tok til å gjelde 1. januar 2007, sjå Rundskriv H-02/07. Endringane i lova byggjer på Ot.prp. nr. 95 (2005–2006) Om lov om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (interkommunalt samarbeid). På nettsidene til Kommunal- og regionaldepartementet og KS kan ein finne meir informasjon.
Vertskommunemodellen gjev kommunane høve til å utvikle eit forpliktande interkommunalt samarbeid om lovpålagde tenester til innbyggjarane. Føremålet er å finne løysingar som kan gje små kommunar betre kompetanse, og betre tenester til innbyggjarane i ein struktur der mange små kommunar skal vareta dei same tenestene og funksjonane som dei store kommunane. Etter at lova vart vedteken, gjennomførte Kommunal- og regionaldepartementet i samarbeid med KS konferansar over heile landet for å informere om lova.
Målet med vertskommunemodellen er å sikre både demokratiske aspekta og rettstrygg ved interkommunalt samarbeid om kommunale kjerneoppgåver og utøving av offentleg styring. Modellen skal også gje rammer for samarbeid om fagmiljø og fagkompetanse i område av landet der den enkelte kommunen kvar for seg har vanskar med å etablere den type kompetanse det er krav om for å utføre heile registeret av kommunale oppgåver.
Vertskommunemodellen har to hovudvariantar: ein modell utan eit felles folkevalt organ (administrativt vertskommunesamarbeid), eller ein modell med eit felles folkevalt organ. Ein av deltakarkommunane er vertskommune, dei andre deltakarkommunar.
I modellen utan folkevalt organ vil dei respektive kommunestyra inngå ein avtale om samarbeid innanfor eit kommunalt ansvarsområde, ved å overføre administrativ kompetanse til ein vertskommuneadministrasjon. Vertskommunen kan utføre oppgåver og ta avgjerder etter delegasjon frå samarbeidskommunen i enkeltsaker, eller i saker som ikkje er av prinsipiell karakter. Det er lagt til grunn at den enkelte kommunen framleis skal ha det formelle ansvaret for lovpålagde oppgåver, også der avgjerdsmakta er overført til ein vertskommune. Kommunen står framleis i eit politisk ansvarsforhold overfor innbyggjarane sine. Det gjeld også for den delen av verksemda som vert utøvd i eit interkommunalt samarbeid.
Kommunelova § 28c omhandlar vertskommunesamarbeid med ei felles folkevald nemnd for saker av prinsipiell karakter. Kommunar som deltek i eit slikt vertskommunesamarbeid, kan avtale å opprette ei felles folkevald nemnd i vertskommunen. Kommunestyra i deltakarkommunane kan delegere til nemnda å gjere vedtak også i saker av prinsipiell karakter. Nemnda kan vidare delegere til administrasjonen til vertskommunen å ta avgjerd i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell karakter.
I forarbeidet til lovendringa vart det streka under at vertskommunesamarbeid kan gje betre tilgjenge til særskild kompetanse, betre kvalitet på tenestene og ein viss rasjonaliseringsgevinst. I eit samarbeid mellom bibliotek vil alle tre aspekta vere viktige.
Prosjektmidlar til utprøving
Vertskommunemodellen er ganske ny. For å få meir kunnskap om kva som må til for å ta i bruk modellen i biblioteka, har ABM-utvikling i 2008 lyst ut prosjektmidlar for å få modellen nærare utgreidd sett frå biblioteka og kommunane si side. Lov om folkebibliotek inneheld ikkje noko som er til hinder for samarbeid etter vertskommunemodellen.
ABM-utvikling har i kriteria for å få midlar lagt vekt på korleis innbyggjarane i dei aktuelle kommunane kan få eit betre bibliotektilbod, både gjennom betre innhald, utvida opningstider og kompetanseutvikling. Rasjonaliseringsgevinsten vil særleg vere knytt til samarbeid om ulike oppgåver, og ein kan utvikle eit betre tenestetilbod til innbyggjarane med utgangspunkt i dei samla ressursane.
Deltakarkommunane må vise vilje til å satse på biblioteket, og eit viktig aspekt er også å sjå bibliotekutvikling i samanheng med stadutviklinga i kommunane og biblioteket som offentleg møteplass. Det er streka under at prosjektet skal vere forankra politisk og administrativt i ein vertskommune og i fleire deltakande kommunar. Kommunane skal framleis oppfylle kravet i biblioteklova om at alle kommunar skal ha eit folkebibliotek (§ 4). Tre prosjekt fekk i 2008 midlar til å greie ut vertskommunemodellen. Utgreiingane skal vere ferdige innan 1. mai 2009.
7 kommunar som inngår i Ofotbiblioteka–Narvik, Tysfjord, Ballangen, Evenes og Tjeldsund, Steigen og Hamarøy. Narvik er vertskommune og utgreiar.
7 kommunar i Sunnhordland som omfattar Kvinnherad, Bømlo, Stord, Sveio, Fitjar, Etne og Tysnes. Bømlo er vertskommune. Kvinnherad er utgreiar.
4 kommunar på Senja – Lenvik, Berg, Torsken og Tranøy. Lenvik er vertskommune og utgreiar.
9.3.3 Interkommunale selskap
Det er også mogeleg å organisere interkommunalt samarbeid i selskapsformer utanfor kommunelova, til dømes etter aksjelova eller etter lov av 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskap. Lov om interkommunale selskap er særleg laga med tanke på verksemder som har eigne inntekter, og som har større eller mindre preg av næringsverksemd. Interkommunalt samarbeid om sentrale samfunnsoppgåver og velferdsmessige oppgåver er ikkje i fokus. Formelt er det likevel ikkje noko i vegen for at modellen med interkommunale selskap også vert nytta for å løyse meir tradisjonelle forvaltningsoppgåver, dersom den lova som legg oppgåva til kommunen eller fylkeskommunen ikkje er til hinder for det. Dei interkommunale selskapa er eigne rettssubjekt.
9.4 Nokre samarbeidsmodellar
Sentralbibliotekmodellen
Den danske bibliotekstrukturen kan tene som døme på det som kan kallast sentralbibliotekmodellen. I Danmark har det skjedd ei rekkje tilpassingar av folkebibliotekstrukturen som eit resultat av den danske kommunalreforma, som vart gjennomført 1. januar 2007, jf. også omtale i kap. 6. I Danmark er dei 16 amta erstatta av fem regionar og talet på kommunar er redusert frå 270 til 98. Føremålet har vore å skape større og meir berekraftige kommunar med vekt på betre tenester til innbyggjarane.
Strukturendringane har ført til færre, men større folkebibliotek. Det er også ein nær samanheng mellom strukturendringa, etableringa av den felles søkje- og tingingstenesta bibliotek.dk, ei nasjonal transportordning og ei avtale mellom nasjonalt nivå og seks sentralbibliotek om ansvar for den regionale medieforsyninga.
I november 2008 la Styrelsen for Bibliotek og Medier fram ein rapport om folkebiblioteka etter kommunalreforma. 4. Hovudkonklusjonen er biblioteka har tenkt nytt og utvikla nye bibliotektenester. Biblioteka har utvida opningstidene og talet på nye bibliotekbygg har auka. Fleire kommunar har satsa på nye ordningar som fleksible bokbussar, skulebibliotek som er opne for alle og filialar med sjølvforsyning. Mange kommunar etablerer alternative henteplassar for tinga materiale, slik som Bok i butikk. Det vert også jobba med å integrere bibliotektenestene med andre tenestetilbod i kommunen.
Regional nettverksmodell
Eit døme på det som kan kallast regional nettverksmodell, er modellen for biblioteksamarbeid i Østfold. I Øs tfold er samlingar og kompetanse i alle folkebiblioteka, Høgskolen i Østfold og alle dei vidaregåande skulane i fylket gjorde tilgjengelege for innbyggjarane på tvers av kommunegrenser og forvaltningsnivå. Samarbeidet er i praksis organisert rundt ei transportordning og biblioteka sitt papirbaserte materiale. Biblioteka har ei felles sørviserklæring og eit felles utlånsreglement. Dagleg vert det køyrt transport mellom høgskulebiblioteka og folkebiblioteka i fylket. Dette gjer at brukarane både kan tinge, låne og levere inn bøker frå den samla bokstammen i dei samarbeidande biblioteka ved alle filialar. Fjernlån er gratis for alle. I Bibliofil er det laga eit samsøk for Østfoldbiblioteka.
Regionalbibliotekmodellen
Sjølv om det ikkje er prøvt ut, kan ein også tenkje seg ei ordning med regionbibliotek der fylkeskommunen overtek forvaltningsansvaret for folkebiblioteka i fylket. I ein slik modell vil det framleis vere minst eitt fysisk biblioteklokale i kvar kommune, men det vert éin hovudadministrasjon for folkebibliotektenestene i fylket. Dette vil føre til at dei fysiske samlingane i kvart fylke vert behandla som ein felles ressurs. Ei slik organisering kan gje større fleksibilitet når det gjeld tenesteutviklinga. Ei fylkesvis organisering gjer det òg mogeleg å skape sterke nok miljø til å kombinere utviklingsoppgåver med dei mange daglege gjeremåla i ein og same organisasjon.
Samspelmodellen
Ein siste modell kan kallast samspelmodellen og han er ei vidareutvikling av dagens ansvarsfordeling for bibliotek, men med ein klarare bibliotekpolitikk med nasjonale mål, statlege satsingsprogram og friviljuge samarbeidsavtaler mellom stat og fylkeskommune om bibliotekutvikling. Slike avtaler kan danne grunnlaget for fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar eller eventuelle samarbeidsavtaler ombibliotekutvikling mellom fylkeskommunane, kommunane og/eller interkommunale samarbeidstiltak.
I ein slik samspelmodell vil dei tre forvaltningsnivåa samarbeide om å nå felles mål, og på kvar sine måtar medverke til å oppfylle nasjonale målsetjingar på bibliotekfeltet. Statens verkemiddel for å nå overordna målsetjingar vil vere lovverk, krav og standardar, statlege satsingsprogram for bibliotekutvikling, innkjøpsordningar og andre støtteordningar og forpliktande avtaler med fylkeskommunane. Ein slik modell utelukkar ikkje interkommunale samarbeid, prøveordningar med regionalbibliotek eller ei vidareutvikling av regionale nettverksmodellar.
9.5 Kompetansekravet og dispensasjonsordninga
Dagens biblioteklov stiller krav til kommunane om å tilsetje fagutdanna biblioteksjef (§ 5), og tilsvarande krav til fylkeskommunen om fagutdanna fylkesbiblioteksjef (§ 8).
I forarbeidet til lov om folkebibliotek, jf. Ot.prp. nr. 14 (1985 –1986), var kravet til fagutdanna biblioteksjef i kommunane grunngjeve med at dette var eit viktig verkemiddel for å sikre grunnlaget for et nasjonalt bibliotektilbod. Vidare var det eit generelt ønske om å styrkje den bibliotekfaglege leiinga i kommunane. Kommunen skulle ha fagutdanna biblioteksjef, men skulle stå fritt med omsyn til storleiken på stillinga. Det vart òg lagt til grunn at det skulle innførast overgangsordningar, og at tilsetjing av fagutdanna biblioteksjef skulle skje over tid, i første rekkje ved naturleg avgang. Det vart gjort framlegg om at departementet skulle gje forskrifter med kvalifikasjonskrav for biblioteksjefar, og trekkje opp overgangsordningar som kunne gje rimelege føresetnader for å gje dispensasjon. Det vart lagt til grunn at ordninga med obligatoriske kurs og praksisperiodar for biblioteksjefar utan fagutdanning skulle halde fram.
I 2002 gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om å fjerne kravet om fagutdanna biblioteksjef i kommunar og fylkeskommunar (§§ 5 og 8) som ei oppfølging av prinsippa i oppgåvefordelingsmeldinga, jf. høyringsutkastet til endringslov. Bakgrunnen for framlegget byggjer på ei forståing av at når kommunesektoren er gjeve ansvaret for å løyse ei oppgåve, vil kommunane og fylkeskommunane vere ansvarlege for å tilsetje nødvendig og tilstrekkeleg personell med relevant kompetanse.
Framlegget i høyringsutkastet til endringslov møtte motstand, og departementet valde difor å halde på kompetansekravet til konsekvensane av å fjerne det var nærare utgreidd. Kravet om fagutdanna biblioteksjef vart difor ståande også etter den siste lovrevisjonen i 2003, jf. Ot.prp. nr. 82 (2002–2003) og Inst. O. nr. 125 (2002–2003).
Forskrift om personale i kommunale folkebibliotek vart fastsette av Kulturdepartementet i 1987 og endra i 1993, 1996, 1999 og i 2003. Forskriftene gjev nærare føresegner om kravet til kompetanse og ordninga med dispensasjon dersom kommunen ikkje får fagutdanna søkjar til biblioteksjefstillinga.
Etter forskriftene skal ein fagutdanna biblioteksjef ha ein av to utdanningar:
Bibliotekareksamen frå Høgskolen i Oslo eller tilsvarande nordisk utdanning
Bachelorgrad eller høgare grad, med minst 120 studiepoeng bibliotekspesifikke fag i fagkretsen, eller tilsvarande utdanning innanfor eldre gradstruktur, der 120 studiepoeng tilsvarer 40 vekttal, eller tilsvarande nordisk utdanning.
ABM-utvikling har også utarbeidd retningsliner for annan fagleg kompetanse som oppfyller kvalifikasjonskravet til fagutdanna biblioteksjef.
Etter forskriftene kan kommunen søkje om mellombels dispensasjon frå kvalifikasjonskravet for normalt to år dersom dei ikkje får tilsett fagutdanna søkjar. Dispensasjonen fell bort når biblioteksjefstillinga vert ledig. Dispensasjonen fell også bort dersom endringar i stillingsstrukturen i kommunens folkebiblioteksystem fører til at det vert oppretta nye stillingar for bibliotekfagleg personale. Ein føresetnad for mellombels dispensasjon er at den som vert tilsett, gjennomgår eit kort innføringskurs i bibliotekkunnskap.
Dersom ei stilling vert utlyst etter at dispensasjonsperioden er over, og utan at det melder seg ein fagutdanna søkjar, kan ABM-utvikling godkjenne at den som har vore tilsett i stillinga vert tilsett fast, på vilkår av at denne personen gjennomfører det utdanningsopplegget som Kultur- og kyrkjedepartementet fastset for stillinga.
ABM-utvikling forvaltar dispensasjonsordninga, og har ein avtale med Høgskolen i Oslo om det nettbaserte innføringskurset for biblioteksjefar tilsette på mellombels dispensasjon, og eit meir omfattande kurs som gjev 30 studiepoeng, for biblioteksjefar tilsette på fast dispensasjon. Desse fleksible, nettbaserte kursa vart starta i 2004. Av dei 18 som starta på dette kurset i 2004, har 8 fullført innan fristen på 2 år.
Grensedragingar om korleis ein skal definere kompetansekravet i § 5, er ei utfordring. Sjølv om det heiter i forskrifta at biblioteksjefen er den faglege og administrative leiar for kommunens samla folkebibliotekverksemd, vil biblioteksjefens administrative fullmakter vere avhengig av delegasjon frå administrasjonssjefen i kommunen, jf. kommunelova.
Berre 58 prosent av norske kommunar har fagutdanna biblioteksjef i heil stilling. Berre to av ti (om lag 40 biblioteksjefar) har ein organisasjon der det kanskje er behov for å teikne opp eit organisasjonskart. Ei handfull biblioteksjefar har ansvaret for relativt store og komplekse bibliotekorganisasjonar.
Fleire kommunar har vanskar med å få biblioteksjef med dispensasjon til å fullføre kursopplegga innan normert tid. ABM-utvikling trekkjer difor no tilbake dispensasjonen for fleire av desse kommunane. I andre kommunar har biblioteksjefen godt utbyte av kursopplegga. Kompetansegapet mellom kommunane ser difor ut til å auke.
Som omtala har tre samarbeidsprosjekt fått støtte i 2008 for å greie ut samarbeid om drift av folkebibliotek etter vertskommunemodellen. Nokre av kommunane har uklare forhold til § 5. Det vil difor vere av interesse å sjå korleis kompetansekravet kan løysast innafor eit slikt forpliktande interkommunalt samarbeid.
9.6 Rammeprogram for kompetanseutvikling
Alt i abm-meldinga, St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, vart behovet for eit nasjonalt kompetanseutviklingsprogram understreka:
For å stimulera til dette vil departementet setja i gang eit utviklingsprogram for folkebiblioteka. Som del av dette vil ein etablera etter- og vidareutdanningstiltak, der det vert sikta mot ei samordning av tiltak for heile biblioteksektoren.
Gjennom ei rekkje fokusgruppesamtaler i 2008 med bibliotekleiarar og bibliotekeigarar frå både fag- og folkebiblioteksektoren, har ABM-utvikling identifisert fleire område der biblioteka har særleg behov for å fornye og styrkje kompetansen sin i tida framover. Dette gjeld særleg utvikling av leiarar, marknadsføring av bibliotektilbodet, formidling, digital kompetanse, biblioteket som læringsarena og kulturelt mangfald.
På bakgrunn av bibliotekutgreiinga, høyringane og fokusgruppesamtalene, har ABM-utvikling utarbeidd eit rammedokument for kompetanseutvikling i biblioteka. Føremålet med dokumentet er i første rekkje å gje bibliotekeigarar, kurstilbydarar og fagmiljø eit felles grunnlag for planlegging, tilrettelegging og samarbeid om tiltak for kompetanseutvikling. Denne satsinga inneber at det bør gjennomførast ein del nye tiltak, men det er ikkje minst viktig å skape ei ramme rundt aktivitetar som alt er etablerte eller er under utvikling. Rammedokumentet har no vore ute på høyring.
9.7 Departementets vurdering
Folkebibliotek
Folkebiblioteklandskapet i Noreg er fragmentert og samansett av mange mindre einingar. Mange av folkebiblioteka har små personalressursar og avgrensa opningstid, og mange kommunar har ikkje fagutdanna biblioteksjef. Alle folkebibliotek er likevel ikkje små. Det er særleg dei biblioteka som har 10 årsverk og meir som kan ha ein variert kompetanse som legg til rette for innovasjon og nye tenester. Departementet meiner at i dag er for få slike sterke kompetansemiljø i Noreg. Ved eit forpliktande samarbeid mellom større og mindre kommunar, der dette er mogeleg ut frå geografi, vil ein større del av innbyggjarane kunne få eit betre bibliotektilbod.
Ei viktig utfordring på bibliotekfeltet er å finne gode og tenlege løysingar for å utnytte dei samla bibliotekressursane slik at folk får eit godt bibliotektilbod. Dette kan handle om bruk av fagkompetanse, samarbeid om innhald, tenester og tekniske løysingar. Organiseringa av bibliotektilbodet i ein kommune og i eit fylke må gjerast slik at både barn og vaksne får eit best mogeleg tilbod.
På grunn av dei overordna utviklingstrekka og utviklinga av digitale tenester vil folkebiblioteka stå overfor store utfordringar dei neste åra. Med felles søk i katalogane i alle biblioteka, høve til sjølve å tinge lån og betre transportordningar, vil presset, særleg på biblioteka i dei mindre kommunane, auke monaleg. Det vil vere viktig at kommunane planlegg korleis ein skal møte desse utfordringane.
Departementet meiner at folkebiblioteka no må leggje til rette for at dei kan tilpasse seg ein teknologisk infrastruktur for digitale bibliotektenester, og for at dei kan delta i utviklingsarbeid og framstå som ein attraktiv møtestad i lokalsamfunnet. Folkebiblioteka kan ikkje møte auka etterspurnad berre gjennom å låne inn frå andre bibliotek – det vil vere nødvendig å styrkje det lokale tilbodet.
I dag er det eit kompetansegap i folkebibliotekstrukturen som må fyllast. Mange kommunar har ikkje fagutdanna biblioteksjef, og det faglege miljøet i mange folkebibliotek omfattar i dag berre ein eller nokre få personar. Personalressursane og den samla kompetansen i desse folkebiblioteka kan vanskeleg kvar for seg møte alle krav og forventningar til tenester og utvikling av biblioteka i kunnskapssamfunnet.
Departementet meiner difor at det er nødvendig å utvikle og å styrkje samarbeidet mellom folkebiblioteka. Auka samarbeid om bibliotektenestene mellom kommunane kan styrkje tilbodet til brukarane. Det skal framleis vere eit fast bibliotektilbod med minst eitt fysisk bibliotek i kvar kommune, men det faglege ansvaret for å utvikle og fornye biblioteka krev ei sterkare organisering som omfattar tilbodet i fleire kommunar. Etter departementets meining er det behov for samarbeidsordningar som kan sikre god kompetanse, fornying og utvikling av nye tenestetilbod. Slike samarbeidsordningar kan medverke til å vidareutvikle dei gode fellesskapsløysingane som biblioteka er tufta på. Samarbeid kan også skape store nok kompetansemiljø som kan medverke i til dømes Biblioteksvar, Ønskebok og andre nasjonale digitale bibliotektenester.
Departementet vil stimulere til forpliktande interkommunalt samarbeid og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å utvikle variert kompetanse, prøve ut ulike organisasjonsmodellar og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen. Det må leggjast til rette for god og fleksibel organisering, og det er viktig å ha ei forpliktande politisk styring med bibliotekutviklinga i kommunane. Det må vere opp til kommunane og fylkeskommunane å forme slike samarbeidsløysingar ut frå lokale forhold. Departementet viser til at det no er sett i gang eit utgreiingsarbeid i regi av ABM-utvikling for å få nærare kunnskap om vertskommunemodellen er eigna som ramme for interkommunalt forpliktande samarbeid om bibliotek.
Fylkesbiblioteka
Departementet viser til at fylkesbiblioteka som institusjonar er heimla i folkebiblioteklova. I 1993 vart lova endra når det gjeld særskilde bibliotekoppgåver på regionalt nivå, slik at dei vart knytte til fylkeskommunen og ikkje fylkesbiblioteket. Departementet meiner at det no vil vere tenleg å gå vidare med denne utviklinga, slik at det i lovverket vert lagt vekt på å definere dei oppgåvene som skal løysast på fylkeskommunalt nivå, og ikkje kva institusjon som skal løyse dei. Ei slik lovendring og ei parallell utvikling med fleire interkommunale samarbeidsløysingar, vil medføre at fylkesbiblioteket ikkje lenger står fram som ein eigen institusjon, men etter kvart vert ein integrert del av den fylkeskommunale verksemda.
Departementet meiner difor at det no er grunnlag for å avvikle fylkesbiblioteket i si noverande form, og i staden utvikle fylkeskommunens oppgåver som regional utviklingsaktør på bibliotekområdet. Dersom lovkravet om fylkesbibliotek vert fjerna, vil også kravet om at kvar fylkeskommune skal ha fagutdanna biblioteksjef, verte tilrådd oppheva.
I 2007 hadde fylkesbiblioteka samla om lag 122 mill. kroner i driftsutgifter. Departementet meiner at desse midlane i større grad bør nyttast til å styrkje folkebiblioteka, og stimulere til samarbeid og samdrift av folkebibliotek mellom kommunane. Departementet ser to mogelege alternativ for ei slik utvikling:
Midlane til fylkesbibliotek vert delvis trekte ut av rammeoverføringa til fylkeskommunane og i staden nytta til å finansiere avtaler om nærare definerte oppgåver mellom staten og enkelte større folkebibliotekkommunar. Dette vert ei utvikling i retning av den danske sentralbibliotekmodellen. Døme på slike oppgåver kan vere drift av nasjonale tenester, infrastrukturtiltak, transportordningar og kompetanseutviklingstiltak.
Midlane til fylkesbibliotek vert verande i fylkeskommunen og nytta som regionale stimuleringsmidlar for å utvikle ein ny folkebibliotekstruktur. Fylkeskommunane kan omfordele midlane til fornyingsprogram for bibliotekbygg, infrastrukturtiltak, transportordning og medieforsyning og supplere eit statleg kompetanseutviklingsprogram.
I valet mellom desse to alternativa vil det første truleg vere det mest effektive for å styrkje folkebiblioteka. Departementet innser likevel at å flytte delar av kommunalsektorens rammetilskot til staten, vil gjere det vanskelegare for fylkeskommunane å fungere som ein regional utviklingsaktør på bibliotekfeltet og å gjere noko sjølvstendig. Departementet trur heller ikkje det vil vere tenleg å endre rammeoverføringa mellom fylkeskommunane og kommunane. Dette vil ikkje gje nokon garanti for at midlane vert nytta til folkebibliotek, og det vil ikkje vere eit effektivt grep for å endre folkebibliotekstrukturen.
Departementet meiner difor at midlane skal vere i fylkeskommunen og nyttast til å utvikle folkebiblioteka. Fylkeskommunen må ha midlar nok til å drifte nokre bibliotekrådgjevarar, men resten av midlane bør omfordelast til konkrete satsingar som styrkjer biblioteksektoren direkte, og som stør opp under overordna nasjonale målsetjingar. Det er likevel ei kjensgjerning at fylkeskommunane er svært ulike, og per i dag har dei ulike føresetnader for å fungere som utviklingsaktørar.
Det bør opnast for kreativitet og fleksible, organisatoriske løysingar i biblioteknettverket. Det finst fleire biblioteksamarbeid i Noreg som ein kan byggje vidare på. I andre delar av landet er det lenger veg å gå for å få etablert robuste bibliotek. Det er viktig at ein på fylkeskommunalt og kommunalt nivå no tek grep for å medverke til å utvikle eit framtidsretta biblioteknettverk. Framtidige tenester som felles søk i bibliotekkatalogane, tingingstenester og transportordningar vil tvinge fram slike endringar.
For å styrkje arbeidet med bibliotekutvikling, gjer departementet framlegg om ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler mellom staten og fylkeskommunane. Føremålet er å forankre nasjonale målsetjingar regionalt og lokalt, kanalisere statlege satsingsmidlar meir effektivt og målretta og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar. Lovspørsmålet vert vidare behandla i den komande revisjonen av biblioteklova.
Kompetansekravet i biblioteklova
Departementet meiner at det er god grunn til å drøfte om kompetansekravet i folkebiblioteklova har hatt den verknaden som var tenkt. Å halde oppe kompetansekravet i den forma det har hatt i desse åra, vil etter departementets meining hindre ei nødvendig omstilling og utvikling i folkebiblioteksektoren. Departementet meiner at dispensasjonsordninga er statisk og at ho ikkje er tilpassa notida eller framtida.
Opphavleg var intensjonen at ein på sikt skulle få fagutdanna biblioteksjef i alle landets kommunar, og at dispensasjon frå kompetansekravet skulle vere ei overgangsordning. Denne overgangsordninga har no vart i 20 år utan målet om fagutdanna biblioteksjef er nådd i alle kommunar. Forvaltninga av § 5, tilhøyrande forskrift og gjeldande dispensasjonsordning har ikkje ført til merkbar kompetanseheving eller fornying av sektoren.
Ressursane som vert brukte til å forvalte § 5 kjem nokre få kommunar til gode, og gjev få synlege resultat. Det er framleis dei små kommunane med eitt årsverk eller mindre som kjem i kontakt med dispensasjonsordninga. Ein tredel av dei små kommunane har i dag ikkje fagutdanna biblioteksjef, og det er ofte dei same kommunane som slit med å halde på personale, og som må inn i nye omgangar med dispensasjonar.
Departementet understrekar at kompetansen blant personalet er den viktigaste faktoren for å tilby ei kvalitetsmessig, forsvarleg bibliotekteneste. Det er primært bibliotekeigarane som har ansvaret for å syte for opplæring og kontinuerleg kompetanseutvikling for dei bibliotektilsette.
Departementet ser fire mogelege løysingar når det gjeld kompetansekravet i biblioteklova:
Fjerne § 5 med tilhøyrande forskrifter og dispensasjonsordning, og erstatte dette med eit krav om at kommunen må syte for personell med relevant kompetanse for å fylle kravet om gode bibliotektenester til brukarane.
Merknad: Ei slik ordning vil ikkje i seg sjølv føre til at det blir betre kompetanse i folkebiblioteka, men vil opne for større fridom for kommunane. Ordninga kan skape eit behov for større grad av rettleiing av kommunane.
Halde på § 5, men fjerne mellombels dispensasjonsordning og gje fast dispensasjon ved tilsetjing. Kommunane får sjølve ansvaret for å følgje opp dei tilsette biblioteksjefane med dispensasjon frå kravet om fagutdanning gjennom utdanninga. Kommunens ansvar skal omfatte både det å leggje til rette for studium, og ansvar for å dekkje kostnadene ved utdanninga.
Merknad: Ei slik ordning vil heller ikkje i seg sjølv føre til at det blir betre kompetanse i folkebiblioteka, men vil truleg føre til betre rekruttering av biblioteksjefar med annan kompetanse som kan vidareutviklast. Ordninga vil også kunne føre til betre motivasjon for å starte på eit meir omfattande kursopplegg alt ved tilsetjing.
Halde på § 5, men fjerne dispensasjonsordninga.
Merknad: Dette vil føre til at krava til fagutdanna biblioteksjef vert innskjerpa og at kommunane må tenkje alternative løysingar. Dette kan vere forpliktande interkommunale samarbeidsløysingar, vertskommunemodell og liknande, jf. biblioteklova § 4: «Folkebiblioteket kan drives av kommunen alene, eller i helt eller delvis driftsfellesskap med annen kommune, fylkeskommune eller statlig institusjon.»
Omdefinere kompetansekravet i § 5 og fjerne dispensasjonsordninga. Stille krav til bibliotekfagleg kompetanse i organisasjonen, men ikkje knyte kravet til biblioteksjefen. For å sikre kompetanse og tilstrekkeleg breidde i tilbodet bør det ikkje vere færre enn 5 tilsette i eit bibliotek.
Merknad: Dette vil i mange tilfelle måtte føre til at kommunane må tenkje alternative løysingar, jf. førre punktet.
Departementet meiner at skilnadane mellom dei biblioteka som maktar å ta del i utviklinga, og dei som ikkje gjer det, vil halde fram med å auke dersom det ikkje vert teke strategiske grep i kommunane. Behovet for fornying av kompetansen er stor i heile folkebiblioteksektoren. Det bør finnast brei og allsidig bibliotekfagleg kompetanse i alle bibliotek, og det er behov for variert og spesialisert kompetanse.
Dersom biblioteknettverket skal klare å halde følgje med kravstore og kunnskapsrike innbyggjarar, må det gjerast endringar som styrkjer kompetansen og rekrutteringa i biblioteknettverket. Meir bruk av samarbeidsløysingar mellom kommunar kan leggje til rette for ei styrking av biblioteka og kompetansen. Eit nærare samarbeid kan gjere det mogeleg å opprette meir attraktive stillingar som kan trekkje fleire kvalifiserte søkjarar. Det vil også kunne føre til spissing av kompetanse, betre arbeidsdeling i ulike regionar og ei betre tilnærming til utviklinga av den samla kompetansen.
I ei slik ordning er det sjølvsagt at det skal finnast bibliotekfagleg kompetanse i organisasjonen, men eininga bør også ha spisskompetanse på andre område, som til dømes formidling til barn og unge, bruk og utvikling av nettbasert innhald og tenester, marknadsføring av bibliotektilbodet og ikkje minst rettleiing av brukarane. Leiaren av ei slik eining vil truleg kunne ha meir behov for administrativ kompetanse enn reint bibliotekfagleg kompetanse.
Løysingar som vert skisserte i alt. 3 og 4 vil innebere at kompetansekravet vert innskjerpa, og at mange kommunar som ikkje klarer å tilsette leiar eller personale med bibliotekfagleg utdanning, vil måtte gå saman for å oppfylle kravet i lova. Dette vil vere eit sterkt incitament til interkommunale samarbeidsløysingar, men vil truleg også vere i strid med statens retningsliner for statleg styring av kommunal sektor. I desse retningslinene heiter det at
Det bør i utgangspunktet ikke innføres pålegg om bestemte måter å løse en oppgåve. Av hensyn til det lokale selvstyre og kommunens muligheter til selv å se forskjellige tjenester i sammenheng, bør det være opp til kommunen selv å velge virkemidler og utforming av tjenestetilbudet til beste for brukerne og borgerne
og
Regler om at kommunesektoren må ansette særskilt definert personell og sørge for nødvendig opplæring og etterutdanning bør i utgangspunktet ikke innføres. Når kommunesektoren er tillagt ansvaret for å løse en oppgave, vil kommunene og fylkeskommunene være ansvarlig for å ansette nødvendig og tilstrekkelig personell med relevant kompetanse.
Departementet vil kome attende til drøftingane av § 5 i revisjonen av biblioteklova. Det same gjeld § 8 og krav om fagutdanna fylkesbiblioteksjef, jf. framlegg om å leggje ned fylkesbiblioteket som eigen lovfesta institusjon.
Grunnutdanninga for bibliotekfaget vart sist evaluert i 1997. Den teknologiske utviklinga gjer at ein no bør vurdere å evaluere grunnutdanninga på ny. Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere ei slik evaluering.
Kompetanseutviklingsprogram
Alt i abm-meldinga frå 2000 vart behovet for å setje i verk kompetanseutviklingstiltak på bibliotekfeltet understreka.
Eit kompetanseutviklingsprogram bør ta høgde for å utvikle den samla kompetansen i biblioteka. Viktige aspekt i eit slikt program vil vere biblioteka som læringsarena, opplæring i informasjonskompetanse gjennom heile grunnutdanninga og i høgare utdanning, biblioteka som arena og møtestad i eit fleirkulturelt samfunn og kunnskap om og kompetanse på dei digitale utfordringane.
Både Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet er positive til å styrkje kompetansen i biblioteka , og viser til at det no ligg føre eit utkast til rammeprogram for kompetanseutvikling.
Departementa vil i fellesskap vurdere kva tiltak som er nødvendige for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Utkast til rammeprogram og høyringsfråsegnene vil vere eit godt grunnlag for å vurdere vidare politikkutforming.
9.8 Tiltak og strategiar
Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen.
Det vil bli etablert ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler om bibliotekutvikling mellom staten og fylkeskommunane som verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere kva for tiltak som er nødvendige for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Eit samla kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren vil verte vurdert.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere behovet for å evaluere grunnutdanninga i bibliotekfag på ny.
10 Nasjonal samordning av arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet
10.1 Innleiing
Arkiva, biblioteka og musea er nære slektningar som i mange tilfelle har likearta og kompletterande oppgåver. Potensialet for samarbeid og samordning på tvers av feltet er til dels store, ikkje minst sett i forhold til arbeidet med digitalisering og digital tilgjengeleggjering.
I St.meld. nr. 22 (1999 –2000) Kjelder til kunnskap og oppleving (abm-meldinga) jf. Innst. S. nr. 46 (1999–2000), vart det drøfta kva som skil og kva som sameinar arkiv, bibliotek og museum. Det vart streka under at det er ei rekkje fellestrekk mellom institusjonstypane, jf. oversyn i boks 10.1. Meldinga konstaterer at den viktigaste utviklingsdrivande faktoren i alle dei tre sektorane, er ein aukande bruk av digital teknologi. Enno står ein berre ved starten når det gjeld å utnytte det digitale potensialet, og vegen er lang før brukarane av tenester i abm-institusjonane kan dra nytte av at institusjonane samordnar dei digitale tenestene sine.
Boks 10.1 Fellestrekk ved arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet
Alle sektorane forvaltar materiale som fungerer som informasjons- og kjeldegrunnlag for historisk kunnskap og for dagsaktuelle tilhøve. Til dels er det òg overlappande material- og samlingstypar mellom institusjonar på tvers av sektorane.
Innanfor alle sektorane vert det arbeidd systematisk med dokumentasjon. Det inneber medvetne haldningar til det å velje ut det materialet som skal samlast eller takast inn. Sikring av kjelde- og informasjonsmaterialet står òg sentralt.
Informasjonsbehandling er viktig for alle sektorane. Fleire problemstillingar som har med informasjons- og kommunikasjonsteknologi å gjere, er anten felles eller meir eller mindre likearta, jamvel om det også her vil vere klare skilnader. Datastandard og informasjonsarkitektur er likevel viktige stikkord for alle sektorane, og det er fellesinteresser som strekkjer seg frå konvensjonell mikrofilming, via ordinære databasar og informasjonsnettverk til digitalisering av tekst, foto, lyd og levande bilete.
Bindingane til utdannings- og forskingssektoren er sterke for alle tre sektorane. Universitet og høgskular er ei av dei sentrale brukargruppene av materiale i Arkivverket, nasjonale bibliotekinstitusjonar og andre fag- og forskingsbibliotek. Formidlingsaktivitet ved store og små museum over heile landet er retta mot skuleverket.
Formidlingsarbeidet byggjer i stor grad på ein tradisjonell folkeopplysningsideologi. Særleg gjeld dette musea og folkebiblioteka, men òg i aukande grad arkiva. Sidan alle tre sektorane har kunnskaps- og informasjonsformidling som arbeidsfelt, har dei òg eit kontinuerleg behov for å evaluere kva formidlingsformer og –metodar dei er best tente med.
Sett frå eit brukarsynspunkt har det mindre å seie kva institusjonstype som kan formidle informasjon om eit definert tema, og i praksis vil ofte tilfang frå både arkiv, bibliotek og museum vere nødvendig for å kunne skape ei integrert forståing av eit sakstilhøve.
Kjelde: Kjelde: St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving
Eitt av dei viktigaste grepa i abm-meldinga var framlegget om å etablere eit statleg samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum, med overordna oppgåve å sjå til at store og små einingar i abm-feltet spelar saman i eit nasjonalt nettverk. Under Stortingets behandling av St.meld. nr. 27 (2000–2001) Gjør din plikt – kjenn din rett om kvalitetsreforma, jf. Innst. S. nr. 337 (2000–2001), vart behovet for eit sektor- og departementsovergripande nasjonalt koordineringsansvar for heile bibliotekområdet, både folkebiblioteka og fag- og forskingsbiblioteka lagt til. I samsvar med dette vart ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, oppretta 1. januar 2003 ved ei samanslåing av Statens bibliotektilsyn, Norsk museumsutvikling og Riksbibliotektenesta.
I 2006 fekk ABM-utvikling Statskonsult til å gjennomføre ei evaluering som primært var retta mot organiseringa av institusjonen. Som ei følgje av evalueringa er institusjonen omorganisert. Våren 2008 engasjerte Kultur- og kyrkjedepartementet DIFI (tidlegare Statskonsult) til å gjennomføre ei meir omfattande evaluering av institusjonen.
Dette kapitlet omhandlar den nasjonale samordninga av arkiv-, bibliotek-, og museumsfeltet. Rollene og oppgåvene for ABM-utvikling vert presenterte og drøfta i lys av den nye evalueringa av institusjonen og høyringa av denne. Sidan evalueringa vurderer heile oppgåveporteføljen til ABM-utvikling, vil dette kapitlet i første rekkje ha eit abm-perspektiv.
I ei bibliotekmelding vil det likevel vere naturleg med eit særleg blikk på den nasjonale samordninga av og samarbeidet på bibliotekfeltet. Samarbeidet og arbeidsdelinga mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket vert difor også drøfta.
10.2 ABM-utviklings roller og oppgåver
Vedtektene for ABM-utvikling seier at hovudoppgåva er å drive aktivt, strategisk utviklingsarbeid for å samordne, effektivisere og styrkje arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. ABM-utvikling skal setje institusjonane og sektorane betre i stand til å løyse faglege oppgåver og til å møte nye utfordringar i samfunnet. ABM-utvikling skal arbeide med heile spekteret av funksjonar innanfor arkiv-, bibliotek- og museum.
ABM-utvikling skal også fremje samarbeid mellom dei tre sektorane der dette er tenleg, men skal leggje vekt på den faglege eigenarten og dei funksjonane som kvar av sektorane og dei spesifikke samlingane deira representerer. ABM-utvikling skal samarbeide fagleg med Arkivverket og Nasjonalbiblioteket og tilpasse eiga verksemd i høve til dei funksjonane som desse etatane er tillagde.
Institusjonen har eit styre med åtte representantar oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet. To av medlemene er oppnemnde etter framlegg frå Kunnskapsdepartementet og éin etter framlegg frå Miljøverndepartementet.
ABM-utvikling vart i utgangspunktet organisert i ei utviklingsavdeling med tre faggrupper, fordelt på ei faggruppe for arkiv, ei faggruppe for bibliotek og ei faggruppe for museum. I tillegg hadde institusjonen ei informasjonsavdeling og ei administrasjonsavdeling.
Etter evalueringa i 2006 vart institusjonen omorganisert. I dag er ABM-utvikling samansett av ei administrasjonsavdeling med 10 tilsette, ei informasjonsavdeling med 5 tilsette, ei avdeling for arkivutvikling med 7 tilsette, ei avdeling for bibliotekutvikling med 17 tilsette, ei avdeling for museumsutvikling med 11 tilsette og ei avdeling for digitalt ABM med 12 tilsette. Dei tilsette i dei ulike avdelingane arbeider også med tverrsektorielle problemstillingar i arbeidsgrupper og i tidsavgrensa prosjekt.
ABM-utvikling publiserer ein del informasjon om dei tre sektorane mellom anna gjennom serien ABM-skrift, ulike rapportar og brosjyrar. Institusjonen medverkar ofte med faglege råd og utgreiingar til Kultur- og kyrkjedepartementets saksbehandling på abm-feltet. Ei viktig oppgåve er også å samle inn, omarbeide og publisere statistikk frå folke- og skulebibliotek, fag- og forskingsbibliotek og museum. Dette skjer delvis i samarbeid med SSB og KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering).
I den strategiske planen for 2007–2010 er dei prioriterte arbeidsområda samla under følgjande overskrifter:
læring, kunnskaps- og kulturformidling
utvikling av digitalt innhald og digitale tenester
utvikling og sikring av samlingar
nytenking og samhandling innanfor organisasjons- og nettverksbygging
I samband med at ABM-utvikling, Nasjonalbiblioteket og Arkivverket frå og med budsjettåret 2007 vart tilført midlar til digitalisering, presiserte departementet at ABM-utviklings innsats på dette området først og fremst skulle rette seg mot museumsområdet.
10.2.1 Oppgåver på museumsfeltet
På museumsfeltet har ABM-utvikling dei siste åra arbeidd med museumsreforma som er ei strukturreform for musea i Noreg, med unnatak av universitetsmusea. Som operativ aktør i dette reformarbeidet har ABM-utvikling etablert kontakt med forvaltningsnivåa og museumsmiljøa. Utviklinga av eit nasjonalt museumsnettverk er eit kjernepunkt i museumsreforma. Dette har erstatta det tidlegare tilskotssystemet der musea vart inndelte i ulike divisjonar og der berre nokre få hadde status som nasjonale museum.
Dei aktuelle musea har no nasjonale funksjonar i det nasjonale museumsnettverket. Denne tenkinga har samanheng med ei erkjenning av at det nasjonale ansvaret på museumsområdet består av å leggje til rette for nasjonal arbeidsdeling og samordning, slik at ein er sikra mest mogeleg komplett dokumentasjon av kulturarven, samstundes som ein unngår urasjonell overlapping.
Etter kvart som det nasjonale nettverket finn si form, vil eit sentralt organ kunne initiere prosessar og koordinere ressursar som medverkar til kvalitetsutvikling i dei enkelte musea og den samla forvaltninga av kulturarven som musea forvaltar.
Etableringa av tematiske museumsnettverk er ein viktig del av museumsreforma og skal sikre betre fagleg samordning og samarbeid. Nettverka tek utgangspunkt i tema, funksjonar og/eller metodar. ABM-utvikling koordinerer nettverka og peikar ut ansvarleg museum. Per 2009 er det etablert 22 tematiske museumsnettverk. 5
ABM-utvikling har i perioden 2007–2010 to hovudføremål med museumsarbeidet:
integrere samlingsarbeid og formidling
generell profesjonalisering og kvalitetsheving av musea
Verkemiddel i arbeidet er prosjektmidlar, tilrådingar, rettleiingar, standardar, rapportering og statistikk.
10.2.2 Oppgåver på bibliotekfeltet
På bibliotekfeltet har ABM-utvikling oppgåver som utviklingsorgan, og skal medverke til å utforme og utføre ein nasjonal bibliotekpolitikk både for folke- og fagbibliotek. Institusjonen hadde ansvaret for bibliotekutgreiinga Bibliotekreform 2014.
ABM-utvikling skal utarbeide retningsliner for folke- og fylkesbibliotek og har elles rettleiingsoppgåver om lov av 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek. Etter folkebiblioteklova § 13 skal ABM-utvikling vareta statens oppgåver på folkebibliotekområdet som bibliotek i helseinstitusjonar, fengselsbibliotek, lånesamarbeid og å følgje opp biblioteklova.
Vidare har ABM-utvikling ansvar for å forvalte driftstilskot til nokre tiltak på Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett, som Det flerspråklige bibliotek, fengselsbibliotek, bibliotek i statlege helseinstitusjonar, Finsk bibliotekteneste og bibliotekteneste på Svalbard og Nord-sør-biblioteket. Ei omfattande oppgåve er å forhandle og inngå konsortieavtaler om elektronisk litteratur til bruk i bibliotek, arkiv og museum.
ABM-utviklings viktigaste verkemiddel for å stimulere til utvikling i det enkelte biblioteket og til samarbeid på tvers av folke- og fagbibliotek er først og fremst utviklings- og prosjektmidlane. Desse midlane skal gå til samordnings- og utviklingsprosjekt som er nyskapande og har overføringsverdi til større grupper av institusjonar.
ABM-utvikling har overteke dei oppgåvene Riksbibliotektenesta tidlegare hadde som fagleg og koordinerande organ for universitets- og høgskulebiblioteka og spesialbiblioteka. ABM-utvikling samarbeider med Universitets- og høgskolerådets bibliotekutval, som er eit rådgjevande og koordinerande utval i saker som gjeld bibliotek- og informasjonstenester. Institusjonen samarbeider også med Utdanningsdirektoratet i ulike program og prosjekt der både folke- og skulebibliotek inngår.
Som nemnt er det nedfelt i vedtektene at ABM-utvikling skal samarbeide fagleg med Nasjonalbiblioteket, og tilpasse eiga verksemd til den kompetansen og dei funksjonane som Nasjonalbiblioteket har. ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket samarbeider om fleire satsingar. Eitt døme er Biblioteksøk, jf. omtale i kap. 7.
10.2.3 Oppgåver på arkivfeltet
Ingen eksisterande arkivorgan vart inkorporerte ved opprettinga av ABM-utvikling. Det var likevel ein føresetnad at det nye utviklingsorganet også fekk eit visst arkivfagleg ansvar, ikkje minst fordi arkiv inngår som del av verksemda ved mange museum og bibliotek. På arkivfeltet forvaltar ABM-utvikling berre tilskotet til Landsforeininga for lokal- og privatarkiv, som er ein av fire institusjonar med tilskot over kap. 329 Arkivformål post 78 Ymse faste tiltak.
I perioden 2004 til 2007 har ABM-utvikling gjennomført ei arkivkartlegging forankra i eit mandat frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Vidare har ABM-utvikling kartlagt rutinar, ressursbruk, status for arbeid med arkiv/samlingar, formidling og bevaringstilhøve i institusjonane. Kartlegginga skal danne grunnlaget for ein strategi for utvikling av privat- og lokalarkivsektoren.
I perioden 2007–2010 skal ABM-utvikling rette merksemda mot samfunnsroller og utfordringar for arkiva, og gjennom dette leggje grunnlaget for ein nasjonal arkivpolitikk som også omfattar privatarkiv.
10.3 Økonomiske ressursar
ABM-utvikling forvaltar i 2009 ei samla budsjettramme på 204,8 mill. kroner. Til drift, prosjekt og utviklingstiltak er det ei budsjettramme på 92,2 mill. kroner. I tillegg forvaltar ABM-utvikling faste tilskotsordningar på til saman 77,6 mill. kroner, spelemidlar til seglskuter for 1,26 mill. kroner og 35 mill. kroner til oppdragsverksemd. Oppdragsverksemda gjeld framfor alt arbeidet med konsortieavtaler. Ved etableringa var det signal om at forvaltningsdelen skulle tonast ned. Institusjonen har likevel fått fleire forvaltningsoppgåver dei siste åra.
I 2008 fordelte ABM-utvikling til saman 38,3 mill. kroner i prosjektmidlar. Prosjektmidlane vert nytta både til delfinansiering av arkiv-, bibliotek- og museumsprosjekt, og til å initiere prosjekt på område der ABM-utvikling ønskjer å få prøvd ut ulike tiltak. Ein føresetnad for støtte er at prosjekta er nyskapande og har overføringsverdi til større grupper av institusjonar.
Område som særleg vart prioritert i 2008 var:
tiltak som kan fremje læring, kunnskaps- og kulturformidling
tiltak som kan fremje utvikling av digitalt innhald og tenester
tiltak som kan fremje utvikling og sikring av samlingar
tiltak som kan fremje samhandling og nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging
Tabell 10.1 viser fordelinga av midlar til eksterne prosjekt over post 73 fordelt på dei ulike områda i perioden 2005–2008. Tabell 10.2 viser kostnader til ulike interne prosjekt- og utviklingstiltak kostnadsført over driftsmidlane ( post 01).
Tabell 10.1 Fordeling av prosjektmidlar over kap. 0325, post 73, 2005–2008 (mill. kroner)
ABM | A+M | A+B | Arkiv | Bibliotek | Museum | Kulturnett.no | Totalt | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2005 | 7,8 | – | – | 2,0 | 2,1 | 1,6 | 3,1 | 16,6 |
2006 | 2,7 | – | – | 3,9 | 7,0 | 4,3 | 4,1 | 22,0 |
2007 | 5,5 | 0,5 | – | 2,6 | 4,6 | 9,7 | 2,9 | 25,8 |
2008 | 4,2 | 1,7 | 0,1 | 2,3 | 8,8 | 9,8 | – | 26,9 |
Kjelde: Kjelde: ABM-utvikling
Tabell 10.2 Prosjektmidlar over kap. 0325, post 01 (mill. kroner)
2005 | 12,9 |
2006 | 9,8 |
2007 | 13,7 |
2008 | 11,4 |
Kjelde: Kjelde: ABM-utvikling
10.4 Evaluering av ABM-utvikling
Føremålet med evalueringa i 2008 var å kartleggje institusjonens arbeid, og med grunnlag i denne kartlegginga analysere korleis ABM-utvikling har implementert og gjennomført dei kulturpolitiske og sektorfaglege intensjonane som vart lagde til grunn for etableringa. Evalueringa skulle mellom anna vurdere grenseflatene mot andre relevante institusjonar, særleg med omsyn til adekvat oppgåvefordeling og eventuell oppgåveoverføring. Evalueringa vart overlevert Kultur- og kyrkjedepartementet i juni 2008.
Boks 10.2 Midlar til regionalt IKT-samarbeid og infrastruktur
Tre prosjekt frå Vestfold, Møre og Romsdal og Nordland fekk midlar frå ABM-utvikling i 2008 for å utvikle regionalt IKT-samarbeid og infrastruktur. I utlandet finst det døme på konkrete prosjekt, og det viser at det både er mogeleg og fornuftig å tenkje samarbeid og samordning når det gjeld å utvikle digitale tenester i abm-institusjonar.
DIFIs hovudkonklusjonar i evalueringa er at brukarane og samarbeidspartane meiner at det er føremålstenleg med eit felles utviklingsorgan for abm-sektoren. Det vert lagt vekt på at informantane samarbeider godt med ABM-utvikling og at oppgåvefordelinga er grei, men det varierer kor nøgde dei er med tenestene. Det kan sjå ut som om ABM-utvikling vert målt vel så mykje på kor mykje prosjektmidlar dei har til rådvelde, som på eigen innsats. Det innsatsområdet som informantane gjev best tilbakemelding på, er arbeidet med formidling, og det er meir kritikk av korleis verksemda tek hand om rolla som utviklingsaktør enn av korleis forvaltningsoppgåvene vert utførte.
DIFI, på si side, meiner at ABM-utvikling balanserer godt mellom forvaltningsoppgåver og utviklingsarbeid, men peikar på at forvaltningsarbeidet bør synleggjerast betre. For å kome vidare med digitaliseringsarbeidet er det vitalt å få aktørane til å samhandle. DIFI meiner også at kartlegginga syner at verksemda har gjort eit godt arbeid med å gjennomføre dei kulturpolitiske og sektorfaglege intensjonane, som vart lagde til grunn for etableringa.
Etter DIFIs meining er kanskje den viktigaste funksjonen for ABM-utvikling å vere ein nasjonal og nøytral aktør som, i kraft av dette, kan medverke til å samle aktørane innanfor kvar enkelt sektor. Dette vert ein føresetnad for å lukkast med ei samordning på tvers. Utfordringa her er størst for aktørane på bibliotekfeltet.
DIFI rår til at ABM-utvikling som ein nasjonal og nøytral aktør bør halde fram med å sameine aktørane innanfor kvar sektor, og sikre ein føremålstenleg balanse mellom forvaltningsoppgåver og utviklingsarbeid. Det vil vidare vere viktig å setje inn dei nødvendige ressursane for å sameine ulike haldningar til kva eit digitalt abm og abm-søk bør vere. Det vil vere viktig å arbeide for å betre relasjonen til Nasjonalbiblioteket. DIFI legg dessutan til grunn at ABM-utvikling bør styrkjast på arkivfeltet.
Vidare bør ABM-utvikling synleggjere arbeidet med forvaltningsoppgåver betre, mellom anna for å sikre nok ressursar til dette arbeidet gjennom innspel til departementet i samband med budsjettarbeidet – og utan å måtte ta desse frå utviklingsarbeidet.
Det vert også rådd til at institusjonen tek i bruk tenlege rapporteringsverktøy, som til dømes eit tidsregistreringsverktøy, og at det vert utarbeidd strategiske kompetanseutviklingsplanar for å sikre verksemda riktig og nødvendig kompetanse.
DIFI meiner at det vidare vil vere nødvendig å utvikle eit nærare samarbeid med universitets- og høgskulesektoren og deira bibliotek og museum, og å utvikle arbeidsprosessar som betre involverer Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet i arbeidet med å gje innspel til budsjettproposisjon og tildelingsbrev. ABM-utvikling bør også styrkje rolla si som rådgjevar overfor departementet.
Styret i ABM-utvikling bør halde fram med å konsentrere arbeidet sitt om dei overordna problemstillingane, men også nytte posisjonen sin til å marknadsføre ABM-utvikling så langt det er mogeleg. Miljøverndepartementet og særleg Kunnskapsdepartementet bør engasjere seg meir i etatsstyringa av ABM-utvikling.
Kultur- og kyrkjedepartementet bør søkje ein betre balanse mellom oppgåver og løyvingar og gjennomgå vedtektene for eventuelle vedtektsendringar. Det vil vere nødvendig å koordinere etatsstyringa med Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet. Etatsstyringsdialogen bør styrkjast, og ein bør arbeide for å identifisere meir spesifikke målkrav i tildelingsbrevet.
10.5 Høyringsfråsegner
Eit fleirtal av høyringsfråsegene sluttar seg til dei tilrådingane som DIFI kjem med i rapporten sin. Mange poengterer at dei har eit godt samarbeid med ABM-utvikling, og fleire nemner døme på det dei meiner er gode samarbeidsprosjekt og -område. Svært mange etterlyser likevel vidare økonomiske rammer for utviklingsoppgåver, og dei meiner utviklingsprofilen i ABM-utvikling er for svak. Både i DIFI-rapporten og i høyringsfråsegnene kjem det til uttrykk synspunkt som karakteriserer profilen i ABM-utvikling med ein liten a, utydeleg b og stor M.
I høyringa går følgjande moment att:
ønskje om å auke prosjektmidlane
meir innsats på digitalisering
meir samarbeid med Kunnskapsdepartementet og UH-sektoren
desentralisering; meir og betre samarbeid med lokalt/regionalt nivå
betre samarbeid innanfor og på tvers av sektorane
uklar rollefordeling, m.a. uklar ansvars- og oppgåvefordeling mellom departementa og mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket
styrking av rådgjevarrolla
styrking av arkivsektoren
ønskje om meir støtte til organisasjonsutvikling og leiing i musea i samband med konsolideringsprosessen
betre oppfølging av museumsnettverka
Høyringsfråsegnene frå universitets- og høgskulesektoren er gjennomgåande kritiske i den forstand at dei etterlyser betre og meir målretta innsats av ABM-utvikling overfor fag- og forskingsbibliotek og universitetsmusea. Det vert vidare etterlyst betre samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet i etatsstyringa av ABM-utvikling.
Mange høyringsinstansar er også opptekne av balansen mellom forvaltningsoppgåver og utviklingsoppgåver i ABM-utvikling. Hovudinntrykket er at brukarane gjerne ser at det vert lagt større vekt på utviklingsoppgåver.
Enkelte høyringssvar står fram som spesielt negative. Det gjeld særleg Nasjonalbiblioteket som saman med Bibliotekarforbundet meiner at etableringa av ABM-utvikling er uheldig for bibliotekområdet. Nasjonalbiblioteket reiser spørsmål om oppgåvene til ABM-utvikling heller burde fordelast mellom Norsk kulturråd, fylkesmannsembeta og Noregs forskingsråd. Troms fylkeskommune foreslår at anten bør ABM-utvikling avviklast og oppgåvene overførast til fylkeskommunane, eller institusjonen får status som eit direktorat.
10.6 Departementets vurdering
Departementet merkjer seg at både DIFI og eit stort fleirtal av høyringsinstansane er positive til å ha eit fellesorgan som tilretteleggjar for og initiativtakar til fagleg og organisatorisk utvikling innanfor abm-feltet. Eit sentralt punkt i grunnlaget for å etablere ABM-utvikling var at institusjonen skulle stimulere til samarbeid og samordning både innanfor dei enkelte delsektorane og mellom dei tre felta. Dette er – og har vore – ei ambisiøs oppgåve. Det er ei oppgåve som inneber å rokke ved faste strukturar og haldningar, og det finst ikkje kortsiktige svar og lettvinte løysingar.
Departementet meiner at det også i framtida vil vere nødvendig å tenkje fellesløysingar og samarbeid på tvers av sektorane og på tvers av ansvarsområda til Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. Potensialet for samarbeid og samordning på tvers av arkiv-, bibliotek og museumssektorane er stort, og den digitale utviklinga er ei kraft som meir enn noko anna dreg sektorane saman, og som gjer det nødvendig og naturleg med eit nærare samarbeid.
Departementet ser likevel at føringane for verksemda i ABM-utvikling har vore for uklare og runde i den forstand at spennet i aktivitetar har vorte for stort, og at meirverdien for abm-feltet er for utydeleg.
Hovudutfordringa framover er å utstyre seg med dei tiltakstypane som i størst monn gjev ei utvikling som både er sektorspesifikt fagleg utviklande, og som fremjar samhandling og samordning der dette er ønskjeleg. Det er klare indikasjonar på at ABM-utvikling ikkje har lukkast heilt på dette feltet. DIFIs evalueringsrapport peikar mellom anna på at det bør rettast større merksemd mot å samordne innanfor delfelta, likevel utan å misse av synet behovet for at abm-feltet dreg lasset saman, ikkje minst når det digitale potensialet skal kvitterast ut.
Departementet merkjer seg at prosjektmidlar frå ABM-utvikling til institusjonar i universitets- og høgskulesektoren på langt nær er nok for å etablere tilstrekkeleg kontakt og samhandling.
Nokre høyringsinstansar, m.a. fylkeskommunar, reiser spørsmålet om å overføre ansvar og oppgåver frå ABM-utvikling til fylkeskommunane. Det vert hevda at ABM-utvikling har teke for lite omsyn til regionale og lokale behov. Dei vil difor heller at midlane blir overførde til fylkeskommunane som kan stå for lokale og regionale utviklingsprosjekt innanfor abm-feltet.
Departementet har sans for at det vert utvikla lokale og regionale prosjekt i abm-feltet, og fylkeskommunar og kommunar står fritt til å styrkje denne aktiviteten. Derimot ser ikkje departementet at å avvikle tiltak med nasjonale perspektiv, er ein føresetnad for å få til regionale og lokale prosjekt. Det bør heller vere slik at aktørane i abm-feltet i endå større monn enn i dag, kan spele saman både i regionale og nasjonale nettverk, ikkje minst på digitaliseringsfeltet. Skal dette lukkast, må det etablerast tydelege og robuste nasjonale rammeverk. Med slike på plass vert det lettare og meir meiningsfullt å utvikle lokalt og regionalt tilpassa tenesteløysingar, som samstundes er ein del av den nasjonale fellesskapen.
Som nærare omtala i kap. 8 er det, særleg på bibliotekfeltet, behov for å styrkje dialogen og samarbeidet mellom forvaltningsnivåa når det gjeld bibliotekutvikling. Departementet gjer difor framlegg om at denne dialogen vert styrkt gjennom å opprette ei ordning med samarbeidsavtaler mellom stat og fylkeskommune. Dette vil vere eit verktøy for å kanalisere statlege satsingsmidlar på bibliotekfeltet meir effektivt og målretta, og skape betre samhandling mellom forvaltningsnivåa.
Spørsmålet om tilsyns- og forvaltningsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar vert nærare vurdert i samband med den komande revisjonen av biblioteklova. Departementet meiner likevel at så lenge den bibliotekfaglege og kulturpolitiske dimensjonen i tilsynsoppgåvene er så sterk som i dag, vil det vere ein føremon å ha slike oppgåver på nasjonalt plan.
I si høyringsfråsegn reiser Nasjonalbiblioteket spørsmålet om det er nødvendig med eit eige organ som ABM-utvikling. Nasjonalbiblioteket spør om ikkje tilsyns- og forvaltningsoppgåvene overfor folkebiblioteka kan utførast av fylkesmannsembetet, og om ikkje utviklingsoppgåver kan leggjast til Norsk kulturråd. Vidare spør Nasjonalbiblioteket om ikkje eit FoU-program om abm-feltet, lagt til Noregs forskingsråd, vil vere viktigare enn utviklingsmidlar kanaliserte til institusjonane.
ABM-utvikling er ein statsinstitusjon, delvis med forvaltningsansvar delegert frå departementet, og delvis med ansvar for å medverke til å utvikle ein nasjonal politikk på arkiv, bibliotek og museumsfeltet. ABM-utvikling har i sitt mandat fått i oppdrag å tenkje heilskapleg om arkiv, bibliotek og museum. Departementet vil i samråd med relevante departement og styret for institusjonen vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbibilioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonslbiblioteket. Eit viktig siktemål vil vere å klargjere grensedraginga mellom ABM-utvikling og dei samlingsforvaltande institusjonane på abm-feltet.
Meirverdi for abm-feltet
Eit viktig aspekt ved ABM-utvikling er at institusjonen skal utføre oppgåver og stimulere til handlingar og prosjekt, som det ikkje er naturleg for enkeltinstitusjonar i feltet å ta ansvaret for. Dette meirverdi-perspektivet må liggje til grunn for den framtidige organiseringa. Konkret inneber dette at ein i endå større monn skal prioritere tiltak og aktivitetar som får dei operative institusjonane til å utvikle betre tenester for brukarane.
Statistikk og analyse
Institusjonen innhentar i dag store mengder statistiske data frå abm-institusjonar, delvis i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. Med unnatak av ein samlepublikasjon kvart år vert dette omfattande materialet for lite analysert med tanke på å kartleggje kva som skjer på ulike område. Departementet vil sjå til at ein utviklar eit samla grep når det gjeld kartleggingar og analysar av abm-feltet. Dette inkluderer også i større monn å følgje med på og formidle kva som skjer internasjonalt når det gjeld kunnskapsutvikling innanfor abm-feltet.
I tillegg til slike tiltak må ein utvikle ulike former for indikatorar for kva som konstituerer god tenesteutøving både i arkiv, bibliotek og museum. Dette kan nyttast både i statistikksamanheng og når det gjeld andre former for analysar. I dag er det lite og ingenting på dette feltet. Det er ei utfordrande oppgåve, ikkje minst fordi abm-sektoren som eit kunnskapsorientert område ikkje berre let seg fange med kvantitative indikatorar. Dei kvalitative aspekta må òg integrerast for å kunne seie noko om heilskapen. Med utgangspunkt mellom anna i ulike former for indikatorsett og spesielle kartleggingsprosjekt skal det lagast samla tilstandsrapportar om det som rører seg i feltet. Det kan i sin tur tene som grunnlag for å vurdere korleis den konkrete politikken på feltet bør utformast. På bibliotekfeltet vil indikatorarbeidet først og fremst vere retta mot folkebibliotekfeltet.
Digitalisering
Alt i abm-meldinga vart digitalisering identifisert som ein endringsdrivande faktor i abm-feltet. Ei viktig erkjenning er at ingen av dei operative sektoraktørane har oppgåveansvar eller kunnskapsgrunnlag til å kunne opptre på vegner av eit samla abm-felt, når det gjeld å kvittere ut det store tenestepotensialet som ligg i kjølvatnet av digitaliseringa.
Når dette er sagt, må det straks leggjast til at sentrale samlingsforvaltande institusjonar, særleg Arkivverket og Nasjonalbiblioteket, i lang tid har digitalisert analoge informasjonsberarar, teke vare på digitalt skapt informasjon og formidla digitale tenester. Dette har gjeve desse etatane røynsler og kompetanse innanfor sine respektive ansvarsområde som vil tene som ressursgrunnlag for heile abm-feltet.
Samordning og samarbeid mellom hovudaktørane vil vere den beste vegen fram til mest mogeleg samfunnsgagnleg bruk av digital teknologi innanfor abm-feltet. Dette gjeld både innanfor delfelta og ikkje minst i samhandlinga mellom arkiv, bibliotek og museum. Dette er viktige spørsmål i digitaliseringsmeldinga.
For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning av digitaliseringsarbeidet, vil departementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Rådet skal løpande vurdere dei overordna strategiane for digitalisering med sikte på å kome med framlegg som medverkar til ei heilskapleg digital samlingsforvaltning. Rådet skal gje innspela sine til Kultur- og kyrkjedepartementet, og må samordne arbeidet med Standardiseringsrådet oppnemnt av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Kultur- og kyrkjedepartementet vil utarbeide mandat for rådet.
Internasjonalt arbeid
Internasjonalt samkvem på abm-feltet femner om mange aktørar, og slik skal og bør det vere. Nasjonalbiblioteket deltek i ei rad nettverk med andre nasjonalbibliotek og internasjonale organisasjonar. Det same gjer Arkivverket innanfor sitt fagfelt. Fagpersonar frå mange museum er til dømes med i internasjonale museumskomitear. ABM-utvikling har ei rolle som brubyggjar og kontaktskapar i situasjonar der dei meir sektorspesifikke internasjonale nettverka ikkje utan vidare fangar opp nye, tverrgåande samhandlingsrom og utviklingstendensar. Ei eventuell omorganisering må ta vare på alle dei viktige internasjonale oppgåvene.
Midlar til utviklingsprosjekt
Både i evalueringsrapporten og i høyringsfråsegnene kjem det fram at mange institusjonar og miljø vurderer ABM-utvikling etter storleiken på dei utviklingsmidlane som vert lyste ut, og som institusjonane kan søkje på. Det vert tydeleg oppfatta som positivt at miljøa har ABM-utvikling å spele saman med når dei vil prøve noko som vert oppfatta som nytt og ukjent, eller som involverer fleire enn ein institusjon, for at eit prosjekt skal kunne la seg realisere. Det er difor eit nesten unisont ønskje om at tilskotsmidlane skal aukast i tida som kjem.
Departementet forstår at det trengst prosjektmidlar når det skal utviklast eller prøvast ut fellesløysingar og nye samarbeidstiltak, der prosjekta i stort monn vert utførte på vegner av eit større fellesskap. Derimot stiller departementet seg spørjande til at ABM-utvikling i så stor utstrekning har gjeve utviklingsmidlar til enkeltinstitusjonar, der resultatet berre kan seiast å ha verdi for denne eine institusjonen. Dette gjeld spesielt museumsprosjekta. Rett nok seier ABM-utvikling i utlysinga av midlane at fellesprosjekt skal prioriterast, men i praksis har ein monaleg del av prosjektmidlane gått til enkeltinstitusjonar.
Sjølv om institusjonar og andre interessentar gjerne vil utvide prosjektmidlane, har ei slik ordning ein paradoksal effekt som departementet meiner er uønskt i eit utviklingsperspektiv. Når enkeltinstitusjonar legg seg til ei førestelling om at fornying og vidareutvikling av t.d. utstillingstema berre kan gjerast dersom ein kan få nye, friske midlar, rettferdiggjer systemet eit tankemønster der utvikling og nytenking er noko ein gjer i tillegg til og ikkje i staden for det ein alltid har gjort. Dermed får utvikling og nytenking preg av å vere ein tilleggsaktivitet, ikkje ein integrert del av normal planlegging og programarbeid.
Departementet vil sjå til at midlane vert nytta i prosjekt som har verdi for fellesskapen.
Forvaltningsoppgåver
ABM-utvikling har i aukande monn fått tildelt ulike former for forvaltningsoppgåver. På bibliotekfeltet gjeld det m.a. forvaltning av spørsmål i tilknyting til biblioteklova. Institusjonen har dei seinaste åra også utvikla ein elektronisk budsjettsøknadsportal for alle musea og for andre sentrale kulturinstitusjonar på departementets budsjett. ABM-utvikling produserer også rapportar for departementet på grunnlag av det innkomne materialet. Den konkrete løysinga er tufta på opne standardar og kjeldekodar i samsvar med den statlege politikken for IKT-løysingar, jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007).
Vidare har ABM-utvikling det operative ansvaret for informasjonsportalen Kulturnett Noreg, som inneheld opplysningar om institusjonar, kulturarrangement, kunstnarar m.m. Departementet vil vurdere korleis ei slik oppgåve skal løysast ved ei eventuell omorganisering.
Ei viktig og omfattande oppgåve i dei fem åra ABM-utvikling har eksistert, har vore arbeidet med Museumsreforma, der ei mengd museum har slått seg saman til større institusjonar. ABM-utvikling har delvis initiert og medverka i gjennomføringsprosessane i ulike delar av landet og har på den måten opparbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag for korleis slike prosessar kan og bør utviklast. I kap. 9 presenterer departementet eit opplegg for å stimulere folkebiblioteka til å utvikle bibliotektenestene, m.a. ved å etablere ulike former for samordning og samarbeid.
Nasjonalt kompetansemiljø for opphavsrett og personvern
Behovet for kompetanse på opphavsrett og personvern på abm-feltet er i dag stort og vil truleg verte større i åra som kjem. I utgangspunktet vil det kunne vere kostnadskrevjande dersom kvar enkelt institusjon skal innhente eller byggje opp slik kompetanse sjølv. Ein logisk tanke er såleis at det bør organiserast eit velfungerande kompetansemiljø som kan sikre heile abm-feltet slike tenester.
I bibliotekutgreiinga vart det gjort framlegg om at kompetansemiljø for opphavsrett og personvern ved Nasjonalbiblioteket bør styrkjast, slik at det kan gje råd til eit utvida abm-felt. I høyringsfråsegnene vert dette framlegget lite kommentert, men enkelte er opptekne av at behova til universitets- og høgskulesektoren må takast godt hand om. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek ser at eit styrkt kompetansemiljø kan medverke til å auke tilbodet av tilrettelagt materiale til sine lånarar. Nasjonalbiblioteket sjølv støttar framlegget, og meiner at det vil krevje ei ekstra stilling i tillegg til dei to eksisterande for å ta hand om heile feltet. Riksarkivaren ser det derimot som lite naturleg at eit kompetansemiljø ved Nasjonalbiblioteket kan ha ein funksjon overfor arkivinstitusjonane når det gjeld personvern.
Departementet meiner at det vil vere nødvendig og naturleg at Nasjonalbiblioteket og Arkivverket har tilstrekkeleg kompetanse på opphavsrett og personvern som dekkjer dei behova dei kvar for seg har for å kunne gjennomføre oppgåvene sine. Med tanke på den komande satsinga på digitalisering av kulturarvmateriale vil desse institusjonane ha omfattande oppgåver knytte til eiga verksemd.
Mange aktørar i abm-feltet har behov for informasjon og rettleiing i opphavsrett, personvern og ei rad andre tilgrensande juridiske spørsmål. Likevel vil det neppe vere tenleg å skipe mange kompetanseeiningar for slike juridiske saker. For å sikre fagleg kontinuitet og innsikt bør kompetansen på dette feltet samlast i Nasjonalbiblioteket og Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til andre abm-institusjonar ved behov.
FoU på abm-feltet
I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg om å etablere eit eige bibliotekforskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd. I utgreiinga vert det vist til at dei fleste problemstillingane knytte til biblioteket som samfunnsinstitusjon, kan gå inn i eit abm-perspektiv, der ein ser på korleis arkiv, bibliotek og museum fungerer i samfunnet. Dette gjeld t.d. abm-institusjonane som læringsarenaer og som formidlarar av kulturkunnskap. Vidare gjeld dette også utfordringar knytte til utvikling av digitale tenester, formidlingsformer og -metodar. Departementet viser også til at Kunnskapsdepartementet, som ei oppfølging av St.meld. nr. 15 (2007–2008) Tingenes tale, i 2009 har løyvd 5 mill. kroner som eit eingongstilskot via Noregs forskingsråd til strategisk forskingssatsing ved universitetsmusea.
Departementet ser positivt på framlegget om å etablere eit eige FoU-program om bibliotekfeltet, men meiner at det er behov for å sjå forsking- og utviklingsaktivitetar på heile abm-feltet i samanheng. Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere eit samarbeid om forskings- og utviklingsaktivitetar på tvers av sektorane.
10.7 Tiltak og strategiar
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med relevante departement og styret for ABM-utvikling vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.
Det skal utviklast eit samla grep når det gjeld kartleggingar og analysar av abm-feltet. Dette skal kunne gje samla tilstandsrapportar om abm-feltet som kan tene som grunnlag for å vurdere vidare politikkutforming.
For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning av digitaliseringsarbeidet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Departementet vil utarbeide mandat for rådet.
Kompetanse på opphavsrett og personvern skal samlast i Nasjonalbiblioteket og i Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til andre abm-institusjonar ved behov.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere eit samarbeid om forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.
11 Biblioteket som møtestad, lærings-, og kulturarena
11.1 Innleiing
Folkebiblioteka skal formidle opplysning, kultur og kunnskap, vere ein garantist for ytringsfridomen, vere ein møtestad og gje rom for opplevingar. Fagbiblioteka skal i første rekkje støtte opp under eigarinstitusjonens mål, men moderne fagbibliotek imøtekjem også langt på veg dei behova studentane har for sosial interaksjon og rekreasjon i studiesituasjonen.
Både folkebiblioteka, fag- og forskingsbiblioteka og skulebiblioteka er viktige læringsarenaer. Nasjonalbiblioteket er ein viktig del av den nasjonale infrastrukturen for forsking. Medan fag- og forskingsbiblioteka og skulebiblioteka medverkar til den formelle læringa, er folkebiblioteka viktige for den uformelle læringa gjennom å gje fritt tilgjenge til kunnskap og informasjon. Skulebiblioteket er læringsarena for barn og unge i grunn- og vidaregåande skule. Både skulebiblioteket og folkebiblioteket er lokale arenaer for kultur- og litteraturformidling, leseglede og leselyst.
Bibliotekutgreiinga la vekt på at biblioteka bør vere kunnskapsbasar for formell og uformell læring, og at dei bør utvikle informasjonskompetansen til brukarane. For å synleggjere dei oppgåvene folkebiblioteka har på litteraturfeltet, vart det gjort framlegg om å etablere eit program for litteraturformidling. Utgreiinga peika òg på at det er behov for ei sterkare nasjonal satsing på litteraturformidling til barn og unge i Den kulturelle skulesekken, der både forfattarar, bibliotekarar og andre formidlarar kan medverke. Framlegga fekk støtte av mange i høyringsrunden.
11.2 Bibliotekrom og bibliotekfunksjonar
Bibliotek som bygning eller fysisk rom er vesentleg for oppfatninga av kva eit bibliotek er. Samspelet mellom rommets estetikk, innhald og funksjon er med på å gje biblioteket identitet. Det fysiske rommet legg rammene for korleis ein kan leggje til rette og utforme dei ulike aktivitetane. Gode lokale og god organisering av lokala har verknad for bruken av biblioteka. Det er viktig å ta omsyn til nye brukarbehov og teknologiske endringar når ein skal utforme nye biblioteklokale.
Det konvensjonelle biblioteket er det fysiske rommet med møteplassfunksjonen, kulturarenaen og læringssenteret som karakteristiske trekk. Jamvel om mange går direkte til dei digitale tenestene, vil det konvensjonelle biblioteket som fysisk møtestad framleis vere viktig. Biblioteka skal tilby eit inspirerande læringsmiljø i form av arbeidsplassar, utstyr og rettleiingskompetanse. Denne kompetansen vil også femne om rettleiing i bruk av nasjonale digitale tenester.
Måla for det fysiske biblioteket er at det skal framstå som attraktive møteplassar i lokalsamfunn og utdanningsmiljø, og vere tilpassa moderne formidlingsformer og bibliotekfunksjonar. Det vert no arbeidd med ein ISO-standard for utforming av biblioteklokale. Denne vil vere eit nyttig verkemiddel for å sikre god kvalitet.
Punkta nedanfor summerer opp dei viktigaste aspekta ved og krava til bibliotekets funksjon som møtestad:
sentral plassering
lett tilkomst, godt tilgjenge og låg terskel for bruk
universelt utforma slik at det blir ein møteplass for alle grupper
samling av fleire funksjonar
fleksible planløysingar slik at lokala lett kan endrast etter behov
For moderne fagbibliotek er ikkje lokala lenger først og fremst eit utstillingsrom for boksamlinga, men ein stad for ulike typar læringsaktivitetar. Røynsler viser at studentane ønskjer biblioteklokale som er opne, lyse og som har ein stor grad av fleksibilitet. All praktisk røynsle viser at gode lokale betyr mykje for trivsel og læringslyst hos studentane.
Samlingane og utlånsaktivitetane har lenge vore avgjerande for utforminga og innreiinga av lokala. I dag er aktivitetane i biblioteket meir varierte, og mange nyttar biblioteket til aktivitetar som tek lang tid. Mange av aktivitetane skjer i samspel med andre. Særleg folkebiblioteket fungerer ofte som ein møtestad i lokalsamfunnet med læringsaktivitetar og kulturformidling. Dette er ei utvikling som ikkje er spesiell for Noreg. Over heile den vestlege verda vert det i dag drøfta korleis ein skal utforme biblioteket slik at ein kan ta i bruk nye tenester og gje biblioteket eit nytt uttrykk.
I Undersøkelse om bibliotekbruk,som vart gjennomført i 2006 av Statistisk sentralbyrå på oppdrag av ABM-utvikling, meiner heile 92 prosent av brukarane at biblioteka har trivelege lokale. Likevel viser statistikken at det er ein nedgang i besøkstala sett under eitt i norske bibliotek. Det er likevel eit utviklingstrekk som bryt med dette. Dei nye biblioteka både i folkebiblioteksektoren og i universitets- og høgskulesektoren oppnår gode besøkstal. Statistikken viser til dømes at besøkstala ved det nye folkebiblioteket i Tromsø auka frå 3,1 per innbyggjar i 2004 til 8,1 i 2007. Også ved det nye kombinasjonsbiblioteket i Drammen ser ein at besøka aukar, og at bruken blir meir mangfaldig. Tilsvarande oppgang ser ein også ved Universitetsbiblioteket i Oslo og hovudbiblioteket ved Handelshøyskolen BI i Oslo.
11.2.1 Universell utforming
Kulturpolitikkens viktigaste oppgåve er å leggje til rette for at alle kan oppleve eit mangfald av ulike kulturtilbod og kunstnarlege uttrykk og delta i eit aktivt kulturliv. Biblioteka skal difor vere universelt utforma. Dette inneber at hovudløysingane i biblioteklokala og tilkomsten til lokala skal kunne nyttast av flest mogeleg.
Planlegging av nye lokale og ombygging av eksisterande bygningar krev dialog med brukargrupper, mellom anna representantar frå organisasjonar for funksjonshemma personar.
I rettleiaren Universell utforming av kulturbygninger,utgjeve av Kultur- og kyrkjedepartementet i 2007, er det vist fleire døme på universell utforming av kulturlokale. Mellom anna er det vist planløysingar og bruk av fargar og kontrastar, utforming av uteareal med parkeringsplassar og tilkomst til bygning, hovudinngang, resepsjonsskranke, utforming av dører, trapper, rampar og heisar, skilting og akustikk og utforming av toalett og garderobe.
11.2.2 Kombinasjonsbibliotek og samlokaliseringar
Som tidlegare omtala er kombinasjonar mellom eit folkebibliotek og eit skulebibliotek i grunnskulen den vanlegaste forma for kombinasjonsbibliotek. Eitt bibliotek (Meråker) er kombinasjon av høgskulebibliotek og bibliotek i vidaregåande skule. I 2007 fekk ein også ein kombinasjon av fylkes-, folke- og høgskulebibliotek i Drammen, samorganisert i lokale med eit areal på om lag 5 000 kvadratmeter, jf. omtale i boks 11.1.
Boks 11.1 Drammensbiblioteket
I den nye Papirbredden Drammen kunnskapspark har Drammen folkebibliotek, Buskerud fylkesbibliotek og biblioteket ved Høgskolen i Buskerud avdeling Drammen (eit av tre avdelingsbibliotek i høgskulens bibliotek) gått saman om å etablere eit felles bibliotektilbod. Dette er det første av sitt slag i Noreg.
Sjølv om dei tre biblioteka er samlokaliserte held dei fram som eigne einingar, og med kvar sine mål, budsjett og personale. Utgiftene vert fordelte etter fordelingsnøklar som er utarbeidde for dei ulike områda/funksjonane. Den enkelte institusjonen kjøper inn materiale til sine brukarar ut frå eigne budsjett og prioriteringar.
Den primære målgruppa for Drammensbiblioteket er innbyggjarane i Drammen. Fylkesbiblioteket har folkebibliotek i Buskerud som si primære målgruppe og høgskulebiblioteket har sine studentar og tilsette som primær målgruppe. Gjennom brukarundersøkingar vil Drammensbiblioteket leggje til rette for å utvikle eit likeverdig, tilpassa tilbod til alle brukargrupper.
Eit samarbeid mellom folkebiblioteket og ulike andre tenestetilbod og kulturaktørar til dømes gjennom samlokaliseringar har vorte vanlegare i kommunar rundt om i landet. Den vanlegaste modellen er folkebibliotek som del av eit lokalt eller regionalt kulturhus, som til dømes Sølvberget bibliotek- og kulturhus i Stavanger. Det finst også fleire andre døme på slike alt-i-eitt-bygg. I Eid kommune skal ein våren 2009 opne eit nytt folkebibliotek og skulebibliotek for den vidaregåande skulen samlokalisert med den vidaregåande skulen, kinoen og Operahuset Nordfjord. I Vadsø er det planar om å samlokalisere Ruija kvenmuseum og folkebiblioteket.
11.2.3 Finansiering av nye biblioteklokale
Fylkeskommunane forvaltar i dag om lag 50 mill. kroner per år av den delen av overskotet frå statlege spel som går til kulturbygg. Etter eigne prioriteringar kan fylkeskommunane også nytte dei overførte summane til investeringar i biblioteklokale og til mobil bibliotekteneste. Frå 2010 vert den delen av spelemidlane til kulturbygg som i dag blir forvalta av departementet, etter kvart fasa inn i den desentraliserte ordninga for kulturhus. Desse midlane utgjer no 75 mill. kroner per år. Med desse utvida rammene vil dei regionale forvaltningseiningane få større rom for å finansiere kulturbygg etter eigne prioriteringar.
Det er opp til kvar enkelt region å ta stilling til i kva grad bibliotekbygg skal prioriterast i tildeling av investeringstilskot. Spørsmål om investeringstilskot til nye bibliotekbygg eller ombygging av eksisterande bygningar innanfor det kommunale ansvarsområdet må vurderast med utgangspunkt i ei behovskartlegging. Det vil vere opp til fylkeskommunane å kvalitetssikre dei enkelte byggjeplanane. Fylkeskommunane hente inn faglege råd dersom dei ikkje har slik kompetanse.
11.3 Folkebiblioteket som møtestad og sosial arena
I 2008 vart det gjennomført ei undersøking om brukarane ved folkebiblioteka i Bergen, Trondheim, Oslo og Kristiansand. 6 I undersøkinga vart det sett på kva bibliotekbrukarane gjer i biblioteket utover det å låne bøker og anna materiell. Ein var særleg interessert i folkebiblioteket som uformell møtestad og funksjonen som læringsarena. I løpet av ei veke vart 3 337 brukarar ved biblioteka observerte. Biblioteka fekk på denne måten ny kunnskap om kven brukarane er, og kva dei nyttar biblioteket til.
Undersøkinga viste at folkebiblioteket er ein kompleks institusjon og mykje meir enn ein stad berre for utlån av bøker og anna materiell. På folkebiblioteket brukar vi Internett, les aviser og tidsskrifter, studerer og møter andre menneske. Folkebiblioteka er ein av dei få institusjonane som har tilbod som er relevante for alle samfunnsgrupper, og har difor potensial som ein uformell møtestad.
Noko av det viktigaste er at folkebiblioteket i stadig større grad blir brukt som ein sosial arena. Folkebiblioteka er institusjonar der det oppstår sosiale prosessar mellom menneske knytte til kulturformidling, kunnskap og læring. Dette er viktige faktorar for å styrke demokrati, ytringsfridom, integrering og livskvalitet på eit overordna nivå i samfunnet.
Møteplassomgrepet har ulike aspekt og er komplekst, men det ligg implisitt i formålsparagrafen (§ 1) i biblioteklova at biblioteket skal vere «ein stad for alle som bur i landet». Bibliotek som institusjon er kjenneteikna ved å vere ein slik arena for lågintensive møte. Biblioteka er også arena for høgintensive møte der biblioteka inviterer til arrangement for ulike målgrupper. 7
Boks 11.2 Forskingsprosjektet PLACE
PLACE– Public Libraries – Arenas for Citizenship, er eit forskingsprosjekt ved Høgskolen i Oslo. Prosjektet tek sikte på å utforske bibliotekets potensial som ein arena som kan stimulere til lokalsamfunnsengasjement og medverke til å utvikle sosial kapital. Folkebiblioteka som arena for borgarskap i eit fleirkulturelt samfunn og i ei digital tid er viktige aspekt ved prosjektet.
Forsking viser at folkebiblioteket er ein viktig demokratibyggjande og identitetsskapande faktor i samfunnet, særleg for fleirkulturelle grupper. Biblioteket er ein smeltedigel for mange ulike grupper, gjeremål og aktivitetar og fungerer som ein møteplass på tvers av samfunnsgrupper og samfunnslag. 8
Folkebiblioteka som offentlege møteplassar inneber at innbyggjarane oppsøkjer, brukar og investerer i dei som «sine eigne stader». Nettopp denne forankringa, og eigedomstilhøvet til biblioteka, står sterkt i Noreg. Forsking viser at heile 94 prosent av innbyggjarane i Noreg meiner at det er ein demokratisk rett å ha bibliotek i kommunen sin. 9
11.4 Biblioteket som læringsarena
Biblioteket som læringsarena kan definerast ut frå at mange brukar biblioteket som arbeids- og studiestad, men også ved at dei brukar tid på å lese og bla i samlingane. 10 Biblioteka i utdanningssektoren driv kunnskapsforvaltning ved å utvikle kunnskapsressursane og gjere dei tilgjengelege for dei som er i utdanning. Biblioteket skal framstå som eit ressurssenter for læring og forsking, og skal gje eit studiestøttetilbod for studentane. Fag- og forskingsbiblioteka utformar læringsarenaen på grunnlag av behova til brukarane, i lys av andre bibliotekfunksjonar og med utgangspunkt i tilgjengelege ressursar.
Dei seinare åra har læringssentermodellen vorte ein modell for å utvikle biblioteka innanfor høgare utdanning. Læringssenteret er ein kombinasjon av arbeidsplassar, informasjonsressursar og informasjonskompetanse og IKT-retta og pedagogiske funksjonar. Kvalitetsreforma legg opp til mappeevaluering, basert på at studentane leverer inn ulike oppgåver og prosjekt gjennom semesteret. Dette krev biblioteklokale som er tilpassa desse aktivitetane, og som omfattar rom for møter, gruppearbeid, lese- og arbeidsplassar og kvilestader. Biblioteket skal tilby eit komplett læringsmiljø som stimulerer til og støttar opp om auka læringsaktivitet.
Nasjonalbiblioteket skal leggje samlingane til rette for noverande og framtidige forskingsføremål, og medverke til å heve omfanget og nivået på den forskinga som vert gjord med utgangspunkt i samlingane. Det er eit viktig element i Nasjonalbibliotekets samlingspolitikk at oppbygginga skal ta omsyn til noverande og framtidige forskingsbehov. Både ordninga og registreringa, digitaliseringa og formidlinga av samlingane skal gjerast på ein måte som legg til rette for forsking. Nasjonalbiblioteket skal også leggje til rette for at dei tilsette har stor fag- og samlingskunnskap, og kan frigjere tid til eigne forskingsprosjekt. Vidare er det også viktig å vere i dialog med forskingsinstitusjonar, enkeltforskarar og studentar som nyttar biblioteket som studie- og arbeidsstad. Det er etablert eigne forskarplassar for brukarar som i lengre periodar skal arbeide vitskapleg og profesjonelt med bibliotekets materiale.
Biblioteka i utdanningsinstitusjonane har ofte ansvar for å utvikle informasjonskompetanse. For å utvikle informasjonskompetente studentar er det viktig å utvikle informasjonskompetanse gjennom heile utdanninga, og utvikle eit godt og systematisk samarbeid mellom biblioteka og dei ulike fagmiljøa ved institusjonane. Informasjonskompetanse må vere ein integrert del av studieløpet i alle fag. Mange bibliotek er godt i gang med dette samarbeidet med moderinstitusjonane.
Biblioteket som læringsarena er også eit sjølvsagt perspektiv for folkebiblioteksektoren. Folkebiblioteka vert også i stor grad nytta av skuleelevar og studentar på fritida som ledd i skulearbeid og studiar. Mange folkebibliotek tilbyr leksehjelp til elevar i grunnskule og vidaregåande skule i samarbeid med ulike organisasjonar som til dømes Raudekrossen. Dette skaper også ein meir uformell læringsarena og medverkar til både læring og møte på tvers av ungdomsgrupper. Nokre folkebibliotek fungerer også som arena for ulike former for læringstiltak for innvandrarar og flyktningar, i samarbeid med vaksenopplæring eller organisasjonar. Folkebiblioteket kan vere ein stor ressurs og samarbeidspartnar i lokale strategiar for utdanning, læring, kompetanse- og næringsutvikling.
Internasjonalt er det stor merksemd om abm-institusjonane som læringsarena, ikkje minst på vaksenopplæringsfeltet. Innanfor Grundtvig-programmet finn vi fleire prosjekt som involverer arkiv, bibliotek og museum. Ein del norske bibliotek har også utvikla tilbod som seniorsurfdag og permanente eller prosjektbaserte digitale opplæringstilbod.
St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle og e-Norge 2009 peika på folkebiblioteka som arenaer der innbyggjarane bør kunne utvikle sin digitale kompetanse. Gjennom mange gode prosjekt er det over nokre år utvikla kunnskap om korleis biblioteka kan medverke til å styrkje den digitale kompetansen blant folk. Hovudmålet er no å samle trådane og utvikle ein modell som kan løftast opp til ei nasjonal satsing for digital kompetanse og opplæring i biblioteket. Ein slik modell må plassere biblioteka i konstruktivt og berekraftig samspel med andre aktørar. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2008 løyvt midlar til eit prosjekt for å styrkje den digitale kompetansen i samarbeid med ABM-utvikling, jf. omtale i boks 11.3.
Boks 11.3 Digital kompetanse i biblioteket
I det digitale informasjonssamfunnet er det forventa at alle er på nett. Rapporten Borger og bruker (2008) frå VOX viser likevel at over ein fjerdedel av innbyggjarane i Noreg ikkje meistrar dagens digitale teknologi.
Med støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ABM-utvikling no sett i verk prosjektet DIGIKOMBI – Digital kompetanseheving i biblioteket. Biblioteka i Arendal, Drammen, Lillehammer og Trondheim har fått 450 000 kroner for å utvikle ein modell som alle landets folkebibliotek skal kunne ta i bruk. Prosjektet byggjer på røynsler frå tidlegare prosjekt som Lær data i biblioteket frå Oppland og VOLARE i Buskerud, som begge er støtta av VOX.
11.4.1 Særleg om skulebibliotek og skulebibliotekutviking
Alle barn og unge er sikra tilgjenge til bibliotek gjennom skulebiblioteka. Her får dei fritt tilgjenge til aktuell skjønn- og faglitteratur, til aviser, tidsskrifter, lydbøker og ulike læringskjelder i andre medieformer. I grunnskulen og i vidaregåande skule har skulebiblioteka også ei viktig oppgåve som læringsarena, sjølv om måten oppgåva vert løyst på kan variere mykje frå stad til stad.
Møreforskings kartlegging av skulebibliotek peikar på at den største utfordringa for dei enkelte skulebiblioteka, er å medverke som del av skulens læringsmiljø. Skulebiblioteket er til dømes særleg viktig i samband med å utvikle lesedugleiken til elevane. Kartlegginga viser at det er eit skarpt skilje mellom grunnskular og vidaregåande skular når det gjeld personalressursar, personalets fagkompetanse og opningstid i biblioteket. Det er ei utfordring å jamne ut denne ulikskapen.
Elevane i grunnskulen nyttar skulebiblioteket til å finne godt lesestoff, lese bøker, til skulearbeid og for å treffe venner. I vidaregåande skule er skulearbeid, bruk av Internett, leksearbeid og bruk av praktisk utstyr den vanlegaste grunngjevinga for bruk av skulebiblioteket. Skulebiblioteket skal også vere eit fagbibliotek for lærarar og andre tilsette i skulen. Lærarane brukar biblioteket i hovudsak for å finne bakgrunnsstoff, og samarbeider lite med dei bibliotekansvarlege om pedagogiske opplegg. I grunnskulen er bruken knytt til tema- og prosjektarbeid, lesing av skjønnlitteratur og leseøving. I vidaregåande skule er bruken mest knytt til tema- og prosjektarbeid.
Læreplanen i norsk har kompetansemål for bruk av skulebibliotek gjennom heile opplæringa, medan læreplanane i fleire andre fag føreset gode bibliotek utan at bibliotek er særskilt nemnde. Det gjeld bruk av skjønn- og faglitteratur, andre tekstar, faglege kjelder og massemedia gjerne kopla saman med eigen skriveproduksjon, bruk av digitale informasjonskanalar og kritisk bruk av kjelder. Med den rette kombinasjonen av bibliotekfagleg og pedagogisk kompetanse har skulebiblioteket ein særleg føresetnad for å medverke i skulen
Ikkje minst vil dei digitale læringsressursane og bruk av Internett bli stadig meir aktuelt. Det er ein føresetnad at elevane får rettleiing og hjelp. Skal tilgjenget vere reelt, må biblioteka vere opne og lokala funksjonelle og lett tilgjengelege. Opne skulebibliotek, gjerne også utanom skuletida, vil vere eit bidrag i arbeidet for å jamne ut sosiale og digitale skilje.
St.meld. nr. 31 Kvalitet i skolen (2007–2008) og St.meld. nr. 23 Språk bygger broer(2007–2008) legg opp til ei omfattande satsing på å betre lesinga til elevane. Det er auka fokus på leseopplæringa dei første skuleåra, på grunnleggjande kunnskap i lesing, fleire timar for elevane i norskfaget, vidare- og etterutdanning for lærarar og rettleiingsmateriell. I meldinga vart det streka under at det er nødvendig å styrkje skulebiblioteket som arena for lesestimulering og informasjonskompetanse.
Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utvikla framlegg til eit nasjonalt program for skulebibliotek. Programmet er starta i 2009 og vil vare i fire år. Universitetet i Agder har fått i oppgåve å forvalte programmet.
Boks 11.4 Idésamling om skulebibliotek
Utdanningsdirektoratet har i 2008 gjeve midlar til Universitetet i Agder som har eit kompetansemiljø for skulebibliotek. Dei skal lage ei nettbasert idésamling for bruk av skulebibliotek i fleire fag for alle trinn. Dei utviklar eit etterutdanningstilbod og gjennomfører etterutdanninga i løpet av 2009 med skular som representerer alle årstrinn.
Programmet har fire prioriterte område:
Tiltak for å styrkje lesing: Programmet skal medverke til å styrkje lesedugleik og leseglede hos elevane. Det vil bli gjeve støtte til utviklingsprosjekt som styrkjer skulebiblioteket som arena for leseopplæring, språkutvikling og litteraturformidling.
Kompetanseutvikling og kunnskapsdanning: Tiltaket skal auke kompetansen hos skuleleiarar, skulebibliotekarar og lærarar om den pedagogiske rolla som skulebiblioteket spelar, og korleis skulebiblioteket kan nyttast i læringsprosessar.
Styrkje informasjonskompetanse: Tiltaket er retta mot ei meir systematisk opplæring i informasjonskompetanse. Tanken er å utvikle nettbaserte ressursar og idésamlingar, der røynsler med arbeid med informasjonskompetanse frå andre sektorar (til dømes høgare utdanning) og andre land vert systematiserte og spreidde.
Statistikk, regelverk og samarbeid: Tiltaket skal leggje til rette for betre statistikk og betre rapporteringsrutinar om samlingar ved og bruk av skulebiblioteka. Offentlege reglar som har med skulebibliotek å gjere, vil bli gjennomgått.
11.5 Folkebiblioteka som kultur- og litteraturformidlarar
Folkebiblioteket er ein viktig, kollektiv kultur- og litteraturformidlingsaktør og -arena for alle. Folkebiblioteket representerer eit lågterskeltilbod på kulturmarknaden, og profilerer det allmennkulturelle, danninga, det demokratiske og det kunnskapsbyggjande i si verksemd.
Ei av hovudoppgåvene til folkebiblioteka er å vere ein attraktiv arena for litteratur- og kulturformidling og eit viktig oppdrag er å gje tilgjenge til eit mangfald av skjønn- og faglitteratur. Biblioteka tilbyr både eldre litteratur og samtidslitteratur, og har eit særleg kulturpolitisk ansvar for å arbeide målretta for å auke leseinteresse og lesedugleik blant barn og unge.
Folkebiblioteket som kulturarena er både møteplassen, samlingane og eit fysisk rom med skiftande utstillingar, verkstader og arrangement. Det er ein stad der litteratur og andre kultur- og kunstuttrykk vert presenterte i bøker, i tidsskrifter, i filmar, musikkinnspelingar, i ulike digitale dokument og via Internett.
Kulturformidlinga i biblioteka omfattar i hovudsak utstillingar og arrangement, anten i regi av biblioteket eller i samarbeid med andre institusjonar, grupper og enkeltmenneske. Aktuelle tilstellingar og aktivitetar er forfattarmøte, barneteater, høgtlesing, eventyrstunder, presentasjon av bøker, kinotek, debattkveldar, senioruniversitet, kunstutstillingar osv. Aktivitetane og arrangementa går oftast føre seg i biblioteklokala, men også på nettstaden til biblioteket, i skular og barnehagar, på kafé, på tur i marka eller på festivalar.
Barn og unge får tilgjenge til bibliotektenester gjennom folkebiblioteket og skulebiblioteket. Bibliotek for barn omfattar både tilgjenge til bøker, digitale dokument og tenester, bokkunnskapen til barnebibliotekarane og aktivitetar knytte til kunnskaps- og kulturopplevingar. Mange folkebibliotek inviterer planmessig barn på besøk i grupper frå babytreff til elevar i vidaregåande skular. Barn kjem til biblioteket saman med barnehage og skule, og gjennom foreldre eller andre vaksne som tek dei med. Biblioteket som kulturarena for barn og unge skal invitere til oppdaging, nyfikne, leik og læring og vere ein fristad der dei kan nytte tilboda som dei vil sjølve. Dette gjeld for alle barn, uavhengig av etnisk bakgrunn.
Barn og unge har behov for eit breitt spekter av medium i biblioteket og kompetent og inspirerande rettleiing i og formidling av media. Både folkebiblioteket og skulebiblioteket er særleg relevant i samband med arbeid for å styrkje lesing og leselyst. Biblioteket gjev tilgjenge til eit breitt litteraturtilfang og har også tilrettelagt litteratur for dei som treng det. Å skape eit slik tilbod krev bibliotekarar med god kunnskap om barne- og ungdomsbibliotekarbeid, litteratur og formidling.
Folkebiblioteket skal også vere ein stad for sosialt samvær. Mellom anna arrangerer Drammensbiblioteket dataspelnatt for unge mellom 10 og 18 år. Bibliotek som har sundagsope, tilbyr ofte kulturarrangement for småbarn og familiar. Desse tilboda er svært populære. Slike tiltak medverkar til meir merksemd rundt biblioteket som sosial arena og gjer det til ein attraktiv stad for mange.
I 2008 har ABM-utvikling starta arbeidet med eit program for formidling av litteratur i folkebiblioteka. Programmet skal dekkje satsingar retta mot både barn, ungdom og vaksne og medverke til ei ytterlegare satsing på litteraturformidling i biblioteka, der også ei breiare formidling av bøker innkjøpte gjennom innkjøpsordninga, inngår. I programmet vil dei digitale tenestene Ønskebok.no og Litteratursiden.no inngå som sentrale tiltak.
11.5.1 Bibliotek i barnehagar
Kommunen har eit overordna ansvar for å drive førebyggjande verksemd og tilby nødvendige tenester for barn og familiar. Tilbod om tidleg og god språkstimulering er eit førebyggjande og støttande tiltak som først og fremst er viktig for det enkelte barnet, og som også kan medverke til sosial utjamning.
Barn som går i barnehage, er i utgangspunktet sikra eit språkstimuleringstilbod ved at dei tilsette i barnehagane gjennom føringar i lov og rammeplan har plikt til å gjere sitt til at alle barn får god språkstimulering og tidleg hjelp, dersom språket av ein eller annen grunn er forseinka. Ei rekkje kommunar har også språkstimuleringstilbod til barn som ikkje går i barnehage. Slike tilbod kan vere språkgrupper i barnehagar, familiehus, pedagogiske sentra, oppvekstsentra eller bibliotek, ambulerande pedagogar eller opne barnehagar.
I ei nyss avslutta undersøking frå Rambøll Management AS på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet svarar 18 prosent av kommunane at dei har språkstimuleringstilbod til barn som ikkje går i barnehage. Kommunar med mange minoritetsspråklege barn har i høgare grad slike tilbod. Til dømes svarar 40 prosent av bydelane i Oslo og kommunane i Østfold at dei har tilbod til barn som ikkje går i barnehage. 11
ABM-utvikling og Lesesenteret, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger har gjennomført eit 3-årig prosjekt retta mot barnehagane. Prosjektet BOKTRAS fokuserer på samanhengar mellom språkstimulering og leseaktivitetar i barnehagen. 12 Barnehagane som har delteke i prosjektet, har satsa på eit variert tilbod av tekstar og leseaktivitetar. Dei har nytta høgtlesing og samtale som reiskap for aktiv språkstimulering og styrking av barnas ordforråd, og metodane er enkle å bruke i barnehagekvardagen. Folkebiblioteka i dei deltakande kommunane har etablert filialar i barnehagane slik at dei får godt tilgjenge til aktuelle tekstar. Barn og foreldre har gjennom prosjektet fått låne bøker med seg heim, og dei tilsette i barnehagane og i biblioteka har lært meir om samanhengen mellom språkstimulering og leseaktivitetar. 13
I arbeidet med dette prosjektet vart det også gjennomført ei undersøking blant folkebiblioteka om biblioteksamarbeid med barnehagane. Undersøkinga viser at å etablere barnehagebibliotek har svært positive resultat. Sjølv om mange av folkebiblioteka opplever ordningar med bokdepot som tilfredstillande for både barnehagane og biblioteket, er ordninga med barnehagebibliotek ei meir direkte samarbeidsform med positiv verdi for alle involverte partar.
Undersøkinga viser at kommunar med barnehagebibliotek driv ei meir målretta og aktiv kulturformidling, og veit i større grad kva bøkene vert nytta til, enn kommunar med bokdepotordning. Barnehagebibliotek involverer også familiane til barna meir direkte, sidan barna kan låne bøkene med seg heim. Barnehagebibliotek verkar også positivt inn på biblioteket som institusjon når det gjeld kompetanseheving og større nettverk, auka kontakt med pedagogar og nye utfordringar for dei tilsette.
Biblioteka merkar at barnefamiliane brukar biblioteket på ein annan måte etter at det er oppretta barnehagebibliotek. Dette fører til fleire besøk både generelt og på arrangement i biblioteket, noko som også fører til fleire utlån. Biblioteka opplever ein styrkt dialog med barnefamiliane, og biblioteka i undersøkinga merkar også at dei er meir synlege i nærmiljøet.Den viktigaste effekten av ordninga med bibliotekfilialar i barnehagane er likevel at barna vert meir opptekne av og glade i bøker. Dei får auka språkmeistring og ei interesse for lesing som er med på å gje gode og varige lesevanar.
I 2008 har ABM-utvikling utvida prosjektet BOKTRAS til bibliotek i kommunar med mange minoritetspråklege barn. I det nye prosjektet Lesefrø samarbeider Deichmanske bibliotek, Holmlia filial og Kristiansand folkebibliotek med lokale barnehagar. Også andre bibliotek arbeider aktivt med liknande prosjekt. Lørenskog bibliotek i Akershus har etablert ein lesevennesirkel, Lesevenner, i 4. klasse. Målet er å utvikle vennskap, tryggleik, betre språkforståing og leselyst, jf. nærare omtale i boks 11.5.
Boks 11.5 Lesevenner
Lesevenner er eit samarbeid mellom fjerdeklassingar på ein barneskule og fire barnehagar i Lørenskog kommune. Fire gonger i året kjem skulebarn på besøk til barnehagane og les for barna på ulike språk. Bøkene vert lånte ved folkebiblioteket som har kjøpt inn bøker på mange ulike språk. I tillegg har biblioteket fått låne bøker frå Det flerspråklige bibliotek. Skuleelevane nyttar 1 – 2 veker på å øve seg på det dei skal lese og korleis dei skal lese. Mange får hjelp av foreldre som er stolte over å kunne medverke på sitt eige morsmål. Når lesestunda i barnehagen er over, vert bøkene leverte til barnehagen slik at barna kan låne dei med seg heim. Barnehagen har ansvaret for å levere bøkene attende til biblioteket. Ordninga med lesevenner har vore vellukka. Barna i barnehagen gler seg til å få besøk, skuleelevane er stolte over å kunne lese på morsmålet sitt, og elevane synest det er moro å sjå at barna i barnehagen blir glade for lesestunda. Ein viktig faktor er at dei ulike språka er løfta fram i klassen og sett på som ein viktig ressurs.
11.5.2 Litteratur i Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken er eit nasjonalt tiltak for å styrkje kulturformidlinga til barn og unge i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Den kulturelle skulesekken vert gjennomført lokalt og regionalt og årleg vert det tilført kommunane og fylkeskommunane om lag 167 mill. kroner til ordninga.
St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken frå Kultur- og kyrkjedepartementet og St.meld. nr. 39 (2002–3003) Ei blot til lyst dannar grunnlaget for utviklinga av Den kulturelle skulesekken. I 2006 vart ordninga evaluert av NIFU STEP. 14 Evalueringa og høyringsfråsegnene til denne vart gjennomgått i St.meld. nr. 8 Kulturell skulesekk for framtida(2007–2008). I meldinga vart det vist til korleis Den kulturelle skulesekken skal utviklast vidare, og det stod mellom anna at departementet vil vurdere nærare i bibliotekmeldinga kva for aktør som bør få eit samordningsansvar for formidling av litteratur i Den kulturelle skulesekken.
Dei aller fleste folkebiblioteka er aktive i Den kulturelle skulesekken. Dei fleste inviterer årleg to eller fleire klassetrinn til orientering om bibliotektilbodet slik at alle skal ha besøkt sitt lokale folkebibliotek. Ved desse elevbesøka vert det også lagt inn bokprat der ulike bøker vert presenterte for klassen.
Mange bibliotek har også ulike kulturelle arrangement for barnehagar og skuleklassar som til dømes forfattarbesøk og barneteater. Gjennom programmet Gi rom for lesing er det i mange kommunar etablert god kontakt mellom folkebiblioteka, skulane og skulebiblioteka. Ifølgje evalueringa av Gi rom for lesing har folkebiblioteka medverka vesentleg både til boktilbod og litteraturformidling til elevane, og til å styrkje barnelitteraturkunnskapen hos lærarane.
Fleire av fylkesbiblioteka har medverka aktivt med program i Den kulturelle skulesekken og har involvert folkebiblioteka i dette. Aust-Agder bibliotek og kulturformidling kan vere eit døme. Desse tilbyr turnear der litteratur er involvert i ulike produksjonar. Dette omfattar bokprat for dei ulike alderstrinna, forfattarbesøk og kunstartar i samspel.
Også fleire andre aktørar på kulturfeltet arbeider med å stimulere til leselyst og leseglede. Dette omfattar mellom andre Norsk Forfattersentrum, Norsk barnebokinstitutt, Foreningen les, Leser søker bok og Nynorsk Litteratursentrum, jf. nærare omtale i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Desse, og fleire til, er viktige aktørar og samarbeidspartnarar for biblioteka.
Boks 11.6 Inspirasjon frå Danmark
I 2008 gav Bibliotekstyrelsen i Danmark ut heftet «Fremtidens biblioteksbetjening af børn». Bakgrunnen var den danske Kulturvaneundersøkinga frå 2004 som tydeleg viste at barns medievanar og kvardag har endra seg mykje. Målingar viser at tala på barn som besøkjer biblioteket ein dag i månaden, fall frå 51 prosent i 1998 til 39 prosent i 2004. Føremålet med heftet har vore å skissere ei ny plattform for bibliotektilbodet til barn og vitalisere og optimalisere det eksisterande tilbodet. Det har også vore eit mål å få biblioteka til å møte barna og deira kultur på ein annan måte, slik at det vert meiningsfylt for fleire barn å oppsøkje og bruke biblioteka.
Både ABM-utvikling og Norsk kulturråd gjev støtte til utviklings- og pilotprosjekt som har overføringsverdi til andre stader i landet. I Mangfaldsåret 2008 er det gjeve støtte til fleire prosjekt som skal medverke til å formidle det kulturelle mangfaldet i Noreg.
11.5.3 Formidling og opphavsrett
Kulturformidling ved folkebiblioteka omfattar formidling av skjønn- og faglitteratur, musikk, film og annan kulturell aktivitet. I tillegg til rettleiing av den enkelte brukaren er det også ulike typar kulturarrangement som utstillingar, lesestunder og forfattarbesøk, gjerne med musikalske innslag. Slike arrangement har ei side mot opphavsretten, og det er viktig at arrangementa blir gjennomførte i samsvar med reglane. Som omtala i pkt. 5.2.1 har opphavsmannen einerett til å framstille eksemplar og å gjere det tilgjengeleg for ålmenta.
I fleire tilfelle er det nødvendig med opphavsrettslege avklaringar og eventuelle vederlag. I slike tilfelle kan biblioteket ta direkte kontakt med opphavsmannen for å klarere den planlagde bruken. Det kan verke tungvint at kvart enkelt folkebibliotek, som ikkje alltid har tilstrekkeleg personale eller kunnskap om opphavsrett, skal måtte gjennomføre slike avklaringar for kvart formidlingstiltak. Som nemnt legg åndsverklova til rette for at ein kan avtale bruk av verk i samlingane med organisasjonar som representerer opphavsmennene. Dette høvet til å avtale vidare bruk er i dag ikkje nytta.
For å få til ei godt fungerande ordning kan ein sjå for seg at til dømes ABM-utvikling inngår avtale med ein opphavrettsorganisasjon om bruk av ein type litteratur, slik at folkebibliotek fritt kan lage produksjonar rundt dette materialet. Sidan kulturformidling og arrangement er viktige delar av tilbodet som biblioteka skal gje, kan det vere grunn til å sjå nærare på behovet for ein slik avtale.
Vederlag i Den kulturelle skulesekken
Det er stilt spørsmål om betaling av vederlag til forfattarar av litterære tekstar som vert nytta i regi av Den kulturelle skulesekken, på same måte som TONO krev inn og får vederlag for musikkverk som vert framførte på skulekonsertar.
Utgangspunktet er åndsverklova og grensene for den eineretten til eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering for ålmenta. Det er mellom anna lov å framføre eit verk for ein privat krins, og det er lov å framføre eit verk i undervisning, jf. åndsverklova §§ 2 og 21. Fri bruk i undervisning gjeld ikkje for film eller scenisk framføring av sceneverk.
Når det gjeld litteraturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken, vil vurderinga vere om det skal reknast som fri framføring i undervisning eller ikkje, jf. åndsverklova § 21, eller om det skjer i ein privat krins, jf. åndsverklova § 2. I St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida er det på den eine sida understreka at Den kulturelle skulesekken skal vere ei nasjonal satsing for alle elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Det er også presisert at satsinga skal realisere mål i læreplanverket. På den andre sida er det i meldinga også streka under at ordninga ikkje skal vere ei erstatning for estetiske fag eller andre fag i skulen, men kome i tillegg. Den kulturelle skulesekken skal syte for dei ekstraordinære kunst- og kulturopplevingane i skulekvardagen.
Når det gjeld scenisk framføring av sceneverk eller framsyning av filmverk i skulen, vil vurderinga vere om det skjer i ein privat krins eller offentleg. Ei skuleklasse vert rekna som ein privat krins på grunn av den nære relasjonen mellom læraren og elevane. Større framsyningar, til dømes for heile skulen eller eit heilt klassetrinn, vil som regel vere offentleg og krevje klarering.
11.5.4 Artotek – utlån av kunst gjennom bibliotek
Den første varianten av artotek, utlån av kunst gjennom bibliotek, kunstforeiningar, galleri eller frittståande sentralar i Noreg, var Kunst på Arbeidsplassen (KpA), som vart etablert i 1950. Dette selskapet får også i dag statleg støtte for å leige ut originalkunst til offentlege og private bedrifter. KpA har ei variert samling på 5000 verk, men har ikkje hatt stor tilstrøyming av nye medlemer dei siste åra.
I perioden før 1980-åra vart det gjort fleire forsøk på å etablere artotekrelatert verksemd ved bibliotek i Noreg. Artoteksentralen vart etablert som ei forsøksordning med støtte frå Norsk kulturråd og Norske grafikere i 1984, og formalisert som stiftinga Artoteksentralen i 1985.
Frå 1985 vart det opphavleg gratis utlånet av kunstverk til biblioteka erstatta med utleige. Sluttbrukaren fekk låne kunstverka gratis. Intensjonane var at utleigeverksemda skulle vere sjølvfinansierande, noko ein ikkje lukkast med. Artoteksentralen vart lagd ned i 1996 og ein del kunstverk vart overførte til Rikshospitalet der dei framleis er i bruk som artotek i organisert form. Ullevål sykehus driv også artotek. Det finst enkelte bibliotek med artotekverksemd i Noreg i dag der målgruppene for utlån er privatpersonar og/eller offentlege kontor.
I 2006 fekk ABM-utvikling i oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet å vurdere ei mogeleg artotekordning i Noreg. I utgreiinga som vart levert departementet 12. juli 2007, vart det rådd til at det skulle etablerast ei forsøksordning med ny kunstformidling gjennom artotek i eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og ABM-utvikling.
Utgreiinga vart send på høyring til om lag 400 høyringsinstansar. I alt vart det motteke 23 høyringsfråsegner frå 5 fylkeskommunar, 5 kommunar, 10 museums- og kulturinstitusjonar og 3 kunstnarorganisasjonar. Etter den svake responsen i høyringsrunden konkluderte ABM-utvikling med at det er lite interesse og lite grunnlag for å innføre ei fysisk artotekordning med kunstutlån. Fleire høyringsinstansar, ikkje minst kunstinstitusjonane, var med på å underbyggje denne konklusjonen.
Som konklusjon på høyringsrunden rådde ABM-utvikling til at Kultur- og kyrkjedepartementet vurderer å opprette ein nettportal for formidling av kunst som også bør innehalde informasjon om kunst og kunstnarar.
11.6 Departementets vurdering
Møtestaden og bibliotekrommet
Ansvaret for bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av biblioteklokale følgjer ansvarsdelinga for biblioteka slik det er gjort greie for i kap. 4. Ei framleis klar ansvarsdeling kan likevel kombinerast med samlokalisering og samarbeid mellom fleire bibliotektypar, slik som det er gjort til dømes i Drammen.
Departementet meiner at folkebiblioteket bør kunne gå inn i ei sentral rolle for heile det lokale kulturfeltet i større monn enn i dag. Utviklinga av folkebiblioteket både som digital tenesteformidlar og som ein fysisk møtestad understrekar at kommunane bør tenkje både samhandling og samlokalisering for dei aktivitetane og oppgåvene som dei utfører på kulturfeltet.
Dette perspektivet bør vere sjølvsagt for alle kommunar som går med tankar om å byggje nye eller utvide eksisterande kulturlokale, det vere seg til bibliotekfunksjonar eller andre kulturaktivitetar. Folkebiblioteket vil difor i framtida måtte utvikle seg i nært samspel med andre kulturarenaer og kunne tilby utstillingar, konsertar og andre former for kulturarrangement med meir eller mindre direkte tilknyting til dei klassiske bibliotektenestene. Sølvberget bibliotek og kulturhus i Stavanger, med biblioteket som den største verksemda, viser korleis det kan tenkjast i eit perspektiv som fremjar ei utvikling av folkebiblioteket som del av ein allkulturarena.
I særleg grad må folkebiblioteka vere lett tilgjengelege der folk ferdast, og dei kan også gjerne vere integrerte eller samlokaliserte med kjøpesenter, kino, togstasjon, kulturskular, museum eller andre arenaer. Biblioteka skal tilby opne, innbydande og fleksible rom og det bør vere plass til utstillingar, lærings- og prosjektfasilitetar. Biblioteket må stå fram som ein open, attraktiv og tilgjengeleg møtestad med personale i dialog med og i dynamisk relasjon til brukarane. Det digitale tilbodet skal vere synleg og lett tilgjengeleg i framtidsbiblioteket.
Departementet vil understreke at det også kan vere relevant å vurdere samlokalisering og samarbeid mellom folkebiblioteket og andre aktørar i lokalsamfunnet, som til dømes skular, kulturhus, turistinformasjon, kunnskapsbedrifter, vaksenopplæring, etterutdanningstiltak, karrieresentra og liknande. Slike samarbeid kan vere svært tenleg på dei stadene der det ligg til rette for det. Dette kan vere ein god strategi for å utvikle og styrkje bibliotekets funksjonar som ein attraktiv møtestad, kultur- og læringsarena. Slikt samarbeid og organisering kan også leggje til rette for kompetanseutvikling, og skape eit fruktbart miljø for utvikling og innovasjon i lokalsamfunnet.
Mange folkebibliotek fungerer i dag som gode og aktive møtestader i kommunar, regionar og utdanningsmiljø. Folkebiblioteka skal også i framtida representere og styrkje grunnleggjande samfunnsverdiar, som tilgjenge for alle til informasjons- og kunnskapskjelder, ytringsfridom, kulturelt mangfald og kulturens eigenverdi. Utfordringa vert å styrkje og bevisstgjere bibliotekleiarar og bibliotekeigarar på lokalt og regionalt nivå om møtestadfunksjonen til biblioteka, og utvikle bibliotektilboda vidare slik at dei vert mest mogeleg relevante for så mange samfunnsgrupper som råd. Folkebiblioteka som møtestader for minoritetspråklege grupper og som arena for integrering og inkludering må understrekast. For at folkebiblioteka skal fungere som ein arena for ungdomskultur og fritidsaktivitetar, bør opningstidene og tilboda vere attraktive. Biblioteka bør òg kunne vere opne for arrangement på unges eigne initiativ.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vidareutvikle biblioteka som offentleg møtestad, og arbeide for å synleggjere og framheve folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap. Ei ordning med modellbibliotek vil verte etablert.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil også etablere eit prosjekt for å styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar og møtestad for grupper som i dag i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv. Prosjektet skal stimulere til eit breiare samarbeid og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet.
Departementet viser elles til at forvaltninga av spelemidlane til kulturbygg skal endrast. Frå 2010 vil fylkeskommunane ha hand om alle spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur. Fylkeskommunane kan velje å bruke av desse midlane til investeringar både i bibliotekbygg og bokbuss. Departementet vil utarbeide nye retningsliner for bruken av midlane.
Ordningar med kombinasjonar av folkebibliotek og skulebibliotek kan føre til at bibliotektilbodet og bibliotektenestene blir lettare tilgjengelege i ulike delar av kommunen. Mange kommunar vil likevel kunne vere best tente med skulebibliotek og folkebibliotek som separate einingar, men med eit systematisk samarbeid. I desse kommunane vil bruken av kombinasjonsbibliotek først og fremst vere aktuelt i samband med folkebibliotekfilialar, og må vurderast som ein del av ein overordna strategi for det samla bibliotektilbodet. I kommunar med mange skular kan ei ordning med koordinator for dei kommunale skulebibliotektenestene, med ansvar også for samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek, gje betre skulebibliotektilbod.
Folkebiblioteka som arena og aktør for kultur- og litteraturformidling
Folkebiblioteka har vidare ein sjølvsagt plass som arena for kulturformidling og som kultur- og litteraturformidlar i kommunane. Dette formidlingsansvaret er likevel ikkje klart formulert i lov om folkebibliotek. Departementet ønskjer å understreke formidlingsansvaret i revisjonen av lova.
Satsinga på å etablere bibliotekfilialar eller andre lesestimuleringstiltak i barnehagen er gode døme på at det ligg eit potensial i å betre kommunikasjonen og samarbeidet mellom kommunale institusjonar. Mange kommunar arbeider målretta med å utvikle samarbeidet mellom barnehage og skule. Biblioteka kan i fleire tilfelle medverke i dette arbeidet og gjere sitt til at fleire barn får ein lettare overgang frå barnehagen til skulen. Auka fokus på lesing og språk i barnehagealder har dokumentert effekt.
Leseprosjekt i barnehagar er viktige tiltak for å utvikle leseglede og leselyst hos barn og unge. Idear frå prosjekt som BOKTRAS og Lesefrø kan difor med fordel danne grunnlaget for likande samarbeid mellom bibliotek og barnehagar i ei rekkje norske kommunar. Det er grunn til å trekkje fram prosjektet Lesevenner i Akershus, som eit døme på korleis ein på lokalt nivå kan skape gode samarbeid på tvers av skule og barnehage. Det ligg også eit potensial for auka samarbeid mellom barnehagar, bibliotek, abm-institusjonar og vitensenter. Musea og vitensentra arbeider målretta med pedagogiske verkemiddel for å nå barn og unge.
Kultur- og litteraturformidling er viktige aktivitetar i alle folkebibliotek. I mange tilfelle vil slike aktivitetar krevje opphavsrettsleg klarering. Departementet vil vurdere ordningar som kan medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.
Litteratur i Den kulturelle skulesekken
Departementet meiner at samarbeidet mellom skulen, folkebiblioteka og dei litterære aktivitetane i Den kulturelle skulesekken tilfører læringssituasjonen nye aspekt, innfallsvinklar og metodar. Tiltak som forfattarmøte, skriveverkstader, dramatiseringar og forteljaropplevingar kan fungere som ekstra stimulans i skulekvardagen og gje auka lyst til å lese og skrive.
Departementet viser til at det er kommunane og fylkeskommunane som disponerer brorparten av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken. Mange er flinke til å inkludere biblioteka som arena og som aktør for dei ulike tilboda. Det må likevel seiast at mange stader er det er eit potensial for å utvikle og profesjonalisere litteraturformidlinga gjennom det lokale folkebiblioteket. Dette er ei viktig utfordring i tida framover.
Som forvaltarar av spelemidlar bør kommunane syte for at folkebiblioteket vert ein naturleg samarbeidspartnar i den lokale kulturelle skulesekken. Fylkeskommunen bør syte for at litteraturformidling vert ein naturleg og sjølvsagt del av tilbodet til alle elevar. Folkebiblioteka må prioritere å delta i Den kulturelle skulesekken, både som ein aktiv tilretteleggjar og samarbeidspartnar for ulike aktørar, og som ein kreativ vidareutviklar av formidlings- og aktivitetstilbod. Alle folkebibliotek bør invitere skuleklassar til bibliotekorientering og bokprat, og alle elevar bør få lånekort. Dette bør kunne inngå som faste aktivitetar i samband med Den kulturelle skulesekken. Samstundes er det grunn til å understreke at formidling til barn og unge er ein viktig del av samfunnsansvaret som folkebiblioteka har, også uavhengig av Den kulturelle skulesekken.
Det er viktig at elevane vert kjende med biblioteket som ein arena for litteratur- og kunnskapsformidling med gratis tilgjenge for alle. Elevane bør få grundig rettleiing i korleis biblioteket er organisert, korleis det fungerer og kva dei tilsette kan hjelpe til med. Elevane bør også få kjennskap til dei ulike digitale tenestene som vert drivne i regi av biblioteka. Når Den kulturelle skulesekken no vert utvida til elevar i vidaregåande skule, må biblioteka følgje opp denne satsinga med aktiv formidling også til desse gruppene.
Det er behov for å utvikle den kompetansen i litteraturformidling til barn og unge som dei bibliotektilsette har, og utvikle spesialkompetanse som kan dekkje fleire kommunar. Ulike typar formidlingskurs er viktige for å profesjonalisere litteraturformidlinga i biblioteka. Dette arbeidet må halde fram og knytast tettare til ulike former for biblioteksamarbeid.
Departementet er einig i at det er behov for ein nasjonal aktør på litteraturfeltet som kan medverke til å styrkje og utvikle litteraturformidlinga i Den kulturelle skulesekken. Etter departementet si vurdering kviler arbeidet med litteraturformidling i Den kulturelle skulesekken på to hovudpilarar:
Den eine pilaren er det direkte møtet mellom elev og forfattar, eller elevens møte med litteraturuttrykk i nært samspel med andre kunstartar som musikk og/eller teater. Norsk Forfattersentrum har i mange år gjeve tilbod om forfattarturnear både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, også før innføringa av Den kulturelle skulesekken. Departementet meiner difor at det vil vere naturleg at Norsk Forfattersentrum som ein etablert institusjon for litteraturformidling og møte mellom forfattar og elev over heile landet, får status som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken. Dette ansvaret vil innebere å styrkje nettverk, og medverke til samarbeid, kompetanseutvikling og kvalitetsutvikling på litteraturfeltet i Den kulturelle skulesekken.
Etableringa av Den kulturelle skulesekken har ført til auka forfattarformidling gjennom Norsk Forfattersentrum. Forfattersentrum, som tradisjonelt har subsidiert forfattarturneane gjennom sitt driftstilskot over statsbudsjettet, har som resultat av denne auken i etterspurnad fått større utgifter til slik subsidiering. Departementet ser at det ikkje vil vere mogeleg å oppretthalde like stor grad av subsidiering som tidlegare. Departementet vil difor tilrå at Norsk Forfattersentrum saman med andre aktørar i Den kulturelle skulesekken søkjer å nå så mange elevar som mogeleg med profesjonell litteraturformidling, at honorarsatsane vert søkt harmoniserte med honorar i andre kulturuttrykk, og at Norsk Forfattersentrum finn fram til ein høveleg finansieringsmodell for turnear i Den kulturelle skulesekken.
Den andre pilaren, og eit viktig supplement til det direkte møtet mellom elev og forfattar, er folkebiblioteket som ein sentral kultur-, litteratur- og læringsarena og -aktør i alle kommunar. Folkebiblioteket må stå sentralt i utviklinga av litteraturformidling i den kulturelle skulesekken i framtida. Departementet legg til grunn at det frå statleg hald vert arbeidd vidare med å utvikle folkebiblioteka som litteratur- og kulturformidlar, og samarbeider med alle aktørar som kan medverke til å styrkje og utvikle folkebiblioteka på dette feltet. Fylkeskommunane vil også kunne styrkje folkebiblioteka på dette området.
I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining står det at Kultur- og kyrkjedepartementet vil utforme ein meir kraftfull og systematisk strategi for korleis aktørar innanfor kultursektoren kan vere med på å fremje lesing blant barn og unge. I denne samanhengen viser departementet til ABM-utviklings pågåande arbeid med eit litteraturformidlingsprogram retta både mot barn, unge og vaksne, og Norsk bibliotekforenings framlegg om at 2010 skal vere eit nasjonalt leseår.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt leseår som ein start på ei brei og omfattande satsing for eit nasjonalt leseløft fram mot 2014. Ei slik satsing vil i stor grad handle om å etablere nasjonale rammer rundt ei rekkje initiativ og satsingar for lesing og lesedugleik. Leseåret må difor knytast til litteraturformidlingsprogrammet for folkebibliotek, litteraturformidlinga i Den kulturelle skulesekken, program for skulebibliotekutvikling og ei rekkje andre initiativ. Satsinga vil verte nærare konkretisert.
Artotek
Departementet meiner at det fysiske artoteket verkar gamaldags og lite tenleg som kunstformidlingsinstitusjon i dag. Den låge responsen i høyringsrunden og innvendingane frå fleire sentrale institusjonar gjev ikkje grunnlag for å etablere eit system med fysiske artotek. Høyringsfråsegnene frå Nasjonalmuseet og kunstnarorganisasjonane må etter departementets vurdering vege tungt. Eit artotek vil krevje både administrasjon og store driftstilskot over departementets budsjett.
Det er også fleire utfordringar knytte til ein eventuell nettportal. Viktige spørsmål er kva kunst portalen skal innehalde, kven som skal utvikle portalen og kven som skal drive han. Det er også eit spørsmål om det er behov for ein nasjonal emneportal for kunst. Det finst alt fleire nettarkiv og kunstdatabasar som publikum kan nå ved generelle nettsøk.
Eit alternativ til ein ny portal kan vere å styrkje eksisterande nettprosjekt og eventuelt Nasjonalmuseets kunstformidling på nett. Ein eventuell ny portal bør også vurderast i samanheng med planar for digitalisering og tilgjengeleggjering av kulturarven, noko som vil omfatte heile abm-feltet.
Etter ei samla vurdering er konklusjonen at det ikkje er grunnlag for å etablere fysiske artotek eller nettportal. Departementet vil i staden nytte tilgjengelege ressursar til å styrkje digitaliseringsprosjekt ved arkiv-, bibliotek- og museumsinstitusjonar, jf. nærare omtale i digitaliseringsmeldinga. Det vil også vere viktig å styrkje det eksisterande kunstformidlingsapparatet på landsbasis for å oppnå målet om breiare kunstformidling.
11.7 Tiltak og strategiar
For å vidareutvikle biblioteka som offentlege møtestader og synleggjere folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap, vil Kultur- og kyrkjedepartementet opprette ei ordning med modellbibliotek.
For å stimulere til breiare samarbeid og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit prosjekt som kan styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar og møtestad for grupper som i dag i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv.
ABM-utvikling har fått støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet for å utvikle biblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet skal leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek.
Frå 2010 vil fylkeskommunane forvalte meir av spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur. Departementet vil utarbeide nye retningsliner for bruken av midlane.
Kunnskapsdepartementet har sett i verk eit nasjonalt program for skulebibliotekutvikling i perioden 2009–2012. Programmet inneheld tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, og regelverk og samarbeid.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje leselyst og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling.
Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil saman leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt leseår, som start på eit leseløft i perioden 2010–2014 retta mot både barn, unge og vaksne.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere ordningar som kan medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.
12 Bibliotektenester til samar, nasjonale minoritetar og andre minoritetsspråklege
12.1 Innleiing
Noreg er eit kulturelt mangfaldig og fleirspråkleg land. I Noreg bur i dag samar som har status som urfolk, dei nasjonale minoritetane jødar, kvener, rom (sigøynarar), romanifolket (taterane) og skogfinnar, og dei mange nye innvandrargruppene som har kome til landet anten som arbeidssøkjarar, kvoteflyktningar eller asylsøkjarar frå 1970-talet og fram til i dag. Den nyare innvandringa har medverka til at Noreg no har eit relativt stort innslag av minoritetsspråklege og fleirspråklege innbyggjarar over heile landet.
I folkebiblioteklova § 1 er det streka under at folkebiblioteka skal stille bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon for alle som bur i landet. Tilbodet til samane, dei nasjonale minoritetane og andre minoritetsspråklege er ikkje omtala spesielt i lova eller i lovgrunnlaget. I retningslinene for folkebibliotek som tidlegare Statens bibliotektilsyn gav ut i 1993, står det derimot at «folkebiblioteket skal sørge for at språklige minoriteter, innvandrere, flyktninger og asylsøkere får litteraturtilbud på eget språk. Det samiske folket skal særlig tilgodeses.»
Noreg har ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. I samsvar med konvensjonen er Noreg forplikta til å «fremme de forutsetninger som er nødvendige for at personer som tilhører nasjonale minoriteter, kan bevare og utvikle sin kultur, samt bevare de grunnleggende bestanddelene av sin identitet, det vil si deres religion, språk, tradisjoner og kulturarv».
Vidare er kvensk, romani og romanes omfatta av del II i Europeisk pakt om region- og minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). I samsvar med del II i minoritetsspråkpakta er Noreg forplikta til mellom anna å:
In respect of regional or minority languages, within the territories in which such languages are used and according to the situation of each language, the Parties shall base their policies, legislation and practice on the following objectives and principles […] the need for resolute action to promote regional or minority languages in order to safeguard them (art. 7 d).
I tillegg er nordsamisk omfatta av del III i minoritetsspråkpakta, som inneheld meir omfattande og detaljerte reglar om det ansvaret styringsmaktene har på ulike felt.
På bakgrunn av dette har arkiv, bibliotek og museum ansvar for å følgje opp både minoritetsspråkpakta og rammekonvensjonen.
The International Federation of Library Associations and Institutions (IFLA), vedtok IFLAs fleirkulturelle bibliotekmanifest i 2006 om Det flerkulturelle biblioteket – en innfallsport til et kulturelt mangfoldig samfunn i dialog. I april 2008 fekk manifestet støtte av Intergovernmental Council for UNESCO’s Information for All Programme, og det er sendt til vurdering i den 35. sesjonen av generalkonferansen i UNESCO hausten 2009. Dersom UNESCOs generalkonferanse godkjenner manifestet, vil IFLAs fleirkulturelle bibliotekmanifest verte eit IFLA/UNESCO-manifest på lik line med folkebibliotekmanifestet og skulebibliotekmanifestet.
I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg om at biblioteka skal fremje integrering og inkludering gjennom ei rekkje aktivitetar og tilbod. Biblioteka skal nyttast systematisk i språkopplæringa og i andre opplæringstiltak. Det vert slått fast at det er behov for meir systematisk utviklingsarbeid og kunnskapsdeling.
12.2 Samiske bibliotektenester
Samane er busette i Noreg, Sverige, Finland og Russland, med eit folketal på om lag 70 000. Etter samemeldinga bur om lag 40 000 i Noreg, og om lag 20 – 25 000 av desse snakkar ein av fleire samiske dialektar/språk. Rettane til samane er i dag nedfelte i internasjonale konvensjonar og gjennom norsk lovgjeving. Samane er anerkjende som urfolk i Noreg, og står i ei anna stilling enn andre etniske minoritetsgrupper i landet.
Frå midten av 1800-talet vart det ført ein aktiv fornorskings- og assimileringspolitikk overfor samane. Dette hadde lenge negativ innverknad på utviklinga av det samiske skriftspråket. I dag er politikken endra frå fornorsking til revitalisering og utvikling av samisk språk og kultur. Både samemeldinga og språkmeldinga peikar på at språket er eitt av dei mest grunnleggjande elementa i samisk kultur.
Regjeringa arbeider etter to hovudliner for å ta hand om det statlege ansvaret for samisk kultur. Samisk kulturpolitikk inneber på den eine sida at styresmaktene søkjer å styrkje samisk identitet og samisk kulturelt mangfald gjennom Sametinget. Med årlege rammeløyvingar frå Kultur- og kyrkjedepartementet har Sametinget ansvar for å utvikle samisk kulturpolitikk og løyve midlar til samiske kulturtiltak. På bibliotekfeltet gjeld dette mellom anna midlar til Sametingets bibliotek og samiske bokbussar. På den andre sida må styresmaktene i den overordna kulturpolitikken ha ei medviten haldning til korleis samisk kultur og samisk kulturelt mangfald kan takast hand om i den nasjonale kulturpolitikken.
Det er viktig å sjå samisk kultur i samanheng med aktuelle politiske utfordringar i Noreg, ikkje minst knytte til kulturelt mangfald og globalisering. I St. meld nr. 17 (2005–2006) 2008 som markeringsår for kulturelt mangfald vert det slått fast at samisk språk og kultur har ein spesiell plass i arbeidet med å styrkje kulturelt mangfald. Dette perspektivet er vesentleg for å forstå den plassen samisk kultur har, og verknaden for kulturlivet i Noreg, både historisk og i framtida. Styresmaktene har òg eit ansvar for at alle innbyggjarane har høve til å bli kjende med og bruke samiske kulturtilbod, og slik få ei forståing av samisk kulturs stilling i Noreg.
12.2.1 Sametingets løyvingar til bibliotek
I sitt budsjettvedtak for 2008 fordelte Sametinget om lag 127 mill. kroner til språk- og kulturtiltak, jf. tabell 12.1. Dette omfattar både føremål som vert dekte innanfor rammeoverføringa frå Kultur- og kyrkjedepartementet, og tiltak innanfor språk og språkutvikling som vert dekte av overføringane frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Tabell 12.1 Sametingets fordeling av midlar til kulturtiltak 2006–2008 (i 1000 kr)
Føremål | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 |
---|---|---|---|---|
Kulturutvikling (tidl. Samisk kulturfond) | 9 428 | 10 467 | 11 616 | 9 639 |
Forlag | 2 273 | 2 473 | 2 579 | 2 682 |
Kulturhus | 6 235 | 6 434 | 7 206 | 8 642 |
Kulturorganisasjonar | 296 | 306 | 350 | 350 |
Festivalar (grunntilskot) | 1 680 | 1 730 | 1 806 | 2 882 |
Idrett | 1 025 | 1 375 | 2 078 | 1 479 |
Teater | 13 900 | 14 318 | 15 883 | 16 519 |
Kunst (kunstnaravtala m.m.) | 4 325 | 4 350 | 4 350 | 5 150 |
Publikasjonar | 1 950 | 1 503 | 1 568 | 2 571 |
Bokbussar | 8 093 | 8 607 | 9 107 | 6 145 |
Museum | 12 483 | 12 887 | 15 719 | 20 598 |
Språktiltak | 45 129 | 50 379 | 57 060 | 56 960 |
Sum | 106 817 | 115 164 | 129 322 | 133 587 |
Kjelde: Kjelde: Sametinget
Samisk spesialbibliotekvart etablert i 1950-åra ved Karasjok folkeboksamling. I 1983 vart biblioteket eit eige statsfinansiert bibliotek, og i 2000 vart biblioteket ein del av Sametingets administrasjon i Karasjok. I 2008 endra biblioteket namn til Sametingets bibliotek.
Samlinga til Sametingets bibliotek inneheld om lag 30 000 bind i tillegg til tidsskrifter, aviser, lyd- og biletmedium. Tilveksten i 2007 var på 1500 band. Bibliotekets budsjett inngår i budsjettet til Sametingets administrasjon.
Sametingets bibliotek er eit tilbod til samar i og utanfor dei tradisjonelle samiske busetnadsområda, andre innbyggjarar og til lånarar i utlandet. Tenestene er primært retta mot andre bibliotek. Biblioteket er eit kompetansesenter for samisk litteratur og samisk bibliotekteneste, og verksemda omfattar alle samiske språk og dialektar. Biblioteket skal også vere ein aktiv formidlar av samisk litteratur og kultur ved å tilby foredrag og utstillingar. Biblioteket mottek pliktavlevert materiale når ein monaleg del av innhaldet er på samisk språk. Etter statistikkrapporteringa frå Sametingets bibliotek var det i alt 4 100 utlån i 2007, og av dette var 3 200 lokale utlån. Etter bibliotekstatistikken for 2007 hadde biblioteket 4 årsverk.
I 2004 behandla Sametinget Sametingrådets redegjørelse om samiske bibliotektjenester (2003). Konklusjonen var at Sametingets bibliotek har for få ressursar til å kunne møte utfordringane og oppgåvene som det er pålagt. Etter at biblioteket vart ein del av Sametinget, fekk det også nye oppgåver som fagbibliotek for Sametinget. For at biblioteket skal ta hand om oppgåvene sine på ein god måte, er samarbeid med andre bibliotek viktig.
I dag er samlingane til Sametingets bibliotek registrerte i Bibsys Ask. Når felles søk i alle bibliotekkatalogane etter kvart vert realisert med Biblioteksøk, vil det verte lettare å lokalisere dei samiske samlingane både her og i andre bibliotek. Bøker frå samlingane kan tingast via dei lokale folkebiblioteka i dag. For å gje tilgjenge til dei samiske samlingane er det viktig med standardisert teiknsett og samisk brukargrensesnitt i bibliotekkatalogane. Sametingets bibliotek er med i ordninga med felles nasjonalt lånekort.
Seks samiske bokbussar mottek i dag driftstilskot frå Sametinget. Bussane er anten kommunale, interkommunale eller samnordisk som bussen i Kautokeino. Nokre av bussane leverer tenester til fleire kommunar. Bokbussane kompletterer bibliotektenestene i område med spreidd samisk busetnad, og er eit viktig ledd i arbeidet med å gjere bibliotektenesta tilgjengeleg for alle.
Bussane vert drivne av kommunane Kåfjord, Kautokeino, Porsanger/Karasjok, Nesseby/Tana, Tysfjord (lulesamisk) og Nordland fylkeskommune (sørsamisk) I perioden 2003–2007 var det ein auke i utlånet frå bussane frå 48 000 til 54 000. Det er ein nedgang i utlånet frå 2006–2007, men her er situasjonen den at ein av bussane ikkje leverte statistikk dette året.
Sametinget forvaltar både driftsstøtte og investeringsstøtte til bokbussane. Driftstilskotet var på til saman 5,9 mill. kroner over Sametingets budsjett i 2008. Løyvinga i 2009 er på 6,15 mill. kroner. Investeringsstøtte til kjøp av nye bokbussar var på 3 mill. kroner i 2008. Dette er ikkje prioritert i budsjettet for 2009. Det er planlagt ei evaluering av det samiske bokbusstilbodet i samarbeid med fylkeskommunane og andre aktuelle partar. I denne evalueringa vil ein sjå nærare på forvaltninga av tilskotsordninga.
I Sametingets budsjett for 2009, under Kulturutvikling – andre kulturtiltak, er det mogeleg å søkje om tilskot til tiltak eller prosjekt for å fremje samisk litteratur i skule- og folkebibliotek. I 2009 er Nordland fylke prioritert.
Sametinget løyver også midlar til å gje ut samisk litteratur. Løyvinga i 2008 var på 3,59 mill. kroner og Sametinget prioriterte skjønnlitteratur og ungdomslitteratur med originalmanus på sør-, lule- eller nordsamisk, omsetjingar, lydbøker og dokumentarlitteratur. I 2009 er løyvinga 2,59 mill. kroner og Sametinget vil prioritere faglitteratur med originalmanus på samisk og faglitteratur omsett til samisk. I 2008 vart det sett av 460 000 kroner til utgjeving av samiskspråklege teikneseriar og parallellutgjevingar på sør-, lule- og nordsamisk. I 2009 er det også løyvt 460 000 kroner til dette tiltaket.
Sametinget har også ei eiga driftsstøtteordning for samiske forlag. Føremålet med denne ordninga er å halde ved lag og utvikle samisk forlagsdrift. Målgruppa er forlag som i all hovudsak gjev ut bøker på samisk. Talet på forlag som oppfyller kriteria til samisk forlagsstøtte, auka frå tre i 2001 til sju forlag i 2009. Løyvinga til støtteordninga var i 2008 på 2,6 mill. kroner. For 2009 er det sett av 2,68 mill. kroner til føremålet. I følgje Sametingets budsjett skal tilskotsordninga evaluerast i løpet av 2009.
12.2.2 Samisk litteratur og kultur i andre bibliotek
Samisk litteratur vert elles kjøpt inn av fylkesbiblioteka i Nordland, Troms og Finnmark, i Oslo ved Deichmanske bibliotek og i andre kommunar med samiske innbyggjarar. Den samiske boksamlinga ved Deichmanske inneheld både barne- og ungdomsbøker og vaksenbøker. Totalt er det om lag 1500 samiske bind i samlinga. Dei samiske barne- og ungdomsbøkene er relativt lite nytta, med eit utlån på berre 1700 sidan 1996. Totalt utlån til barn og vaksne sidan 1996 er 10 438. Det finst også samlingar av samisk litteratur i universitetsbiblioteka i Oslo, Trondheim og Tromsø, og ved nokre museum som Norsk folkemuseum og Tromsø museum. Kommunar som har samisk bokbusstilbod, kjøper også inn litteratur på samisk.
Sametinget og ABM-utvikling har etablert ei årleg konsultasjonsordning med møte to gonger i året. På møta vert spørsmål knytte til arkiv, bibliotek og museum av felles interesse drøfta. Sametinget har også inngått samarbeidsavtaler med Troms, Finnmark, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark fylkeskommunar. Målet med avtalene er å styrkje og synleggjere samisk kultur, språk og samfunnsliv. Samiske bibliotektenester er inkluderte i avtalene.
Fylkesbiblioteka i Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag arbeider aktivt med å formidle samisk kultur. Finnmark fylkesbibliotek har ein generell samarbeidsavtale med Sametingets bibliotek. Troms fylkesbibliotek har tilsett ein prosjektleiar for samiske bibliotektenester ved Ája samisk senter i Kåfjord kommune. Prosjektleiaren skal arbeide mot dei andre biblioteka i Troms for å gjere samisk litteratur og kultur meir synleg, og byggje opp kompetanse om samiske bibliotektenester. Troms fylkesbibliotek har laga ein kjelderettleiar i samisk bibliotekteneste, jf. informasjon på www.troms.kulturnett.no.
Nordland fylkesbibliotek har drive samisk bokbussverksemd sidan 1995. Den sørsamiske bok- og kulturbussen Gærjah formidlar sørsamisk kultur og litteratur i ti kommunar i Nordland og i Nord-Trøndelag. Fylkesbiblioteket samarbeider også med enkelte svenske län og kommunar om kulturprosjekt i bokbuss. Fylkesbiblioteket har fått midlar frå ABM-utvikling til å utvikle samiske versjonar av nettstaden Skrivebua på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. På denne nettstaden kan barn og unge mellom 10 og 20 år få publisert og få tilbakemelding på eigne tekstar. Det er også eit tett samarbeid med Den kulturelle skulesekken.
Også Nord-Trøndelag fylkesbibliotek samarbeider aktivt med ulike aktørar for å styrkje informasjonen om sørsamisk kultur og samfunnsliv. Fylkesbiblioteket har produsert fleire tilbod til Den kulturelle skulesekken om samisk kultur, forteljingar, busetjing og buform i samarbeid med Saemien Sijte, Åarjelhsaemien Teatere og enkelte andre formidlarar.
Sør-Trøndelag fylkesbibliotek har spesifisert målsetjinga for bibliotektenestene til det sørsamiske språkområdet. Fylkesbiblioteket skal følgje opp arbeidet med mobilt bibliotektilbod til eit samisk delprogram under EU-programmet Interreg 2007–2013. Biblioteket planlegg også ein sørsamisk portal på Kulturnett Trøndelag.
Fleire folkebibliotek arbeider aktivt med samisk kultur, til dømes gjennom utstillingar, arrangement og markeringar, særleg i samband med Samefolkets dag 6. februar.
12.2.3 Skulebibliotek i samiske område
Skulebibliotektilbodet til elevar i dei samiske områda skil seg ikkje vesentleg frå tilbodet i resten av landet. Nokre kommunar har samarbeid med folkebibliotek og enkelte skular får jamt besøk av bokbussar. Dei vidaregåande skulane i Karasjok og i Kautokeino satsar på å ha ein god bok- og mediestamme av alt som kjem ut på samisk, og om samiske tilhøve som er relevant for elevane i vidaregåande opplæring. I tillegg låner Sametingets bibliotek i Karasjok ut depot av samisk litteratur. Sametingets opplæringsavdeling har ei eiga samling med samiske læremidlar og filmar som vert lånte ut til opplæringsbruk.
I Finnmark fylkes Handlingsplan for skolebibliotek 2008–2011. Grunnskolen og vidaregåande opplæring peikar fylkesmannen i Finnmark på at skulebiblioteka bør byggje opp samlingar av litteratur på samisk og kvensk og om samiske og kvenske forhold. Også alt av musikk og film på samisk bør finnast i skulebiblioteka. I planen går det også fram at det elektroniske biblioteksystemet som vert brukt i Finnmark, no er tilpassa samiske teikn, og at skulebibliotekarane ved dei samiske vidaregåande skulane har teke initiativ til å få utvikla web-baserte søkjeord på samisk.
Tilbodet i skulebiblioteket av litteratur og læringsressursar i andre medieformer på samisk vert avgrensa av at det vert skrive svært lite på samisk, særleg for ungdom, jf. også omtale over.
12.2.4 Fag- og forskingsbibliotek med samiske samlingar
Fag- og forskingsbibliotek med samiske spesialsamlingar finst først og fremst ved dei store institusjonane der samisk undervisning eller forsking er emne for verksemda. For forskingsbiblioteka er det ei viktig oppgåve å formidle dokumentasjon og forsking om samiske tilhøve, ikkje minst forskingspublikasjonar på samisk.
Blant dei viktigaste samiske fag- og forskingsbiblioteka kan nemnast biblioteket ved den samiske høgskolen i Kautokeino, Sametingets bibliotek i Karasjok og Universitetet i Tromsø med Senter for samiske studier.
Universitetet i Tromsø er tildelt det nasjonale ansvaret for samisk forsking og undervisning i Noreg. Senter for samiske studier ved Universitetet i Tromsø har utarbeidd ein samisk forskingsdatabase.
Universitetsbiblioteket i Tromsø arbeider elles aktivt for å gjere samisk kultur synleg. Biblioteket har jamleg aktivitetar som utstillingar, markeringar og arrangement i samband med bokutgjevingar og prisutdelingar. Universitetsbiblioteket har i 2008 etablert ei eiga samling for samisk og annan urfolkslitteratur. Denne samlinga er søkbar gjennom Bibsys Ask.
12.2.5 Bibliografi over samisk materiale
Ein bibliografi er ein viktig dokumentasjon over ein nasjons kultur og kulturarv. Samisk bibliografi er ei liste over litteratur på samisk, på norsk og på andre språk når emnet er relevant for samiske forhold.
I NOU 1987: 34 Samisk kultur og utdanningvart det slått fast at det var stort behov for ein bibliografi som gjev eit samla oversyn over nye og gamle samiske dokument. Fram til då hadde registreringa vore mangelfull, og spreidd i ulike oppslagsverk, tidsskriftindeksar og nasjonalbibliografiar. I perioden 1979–1987 hadde Universitetsbiblioteket i Trondheim ansvaret for bibliografien, og i 1993 fekk Nasjonalbiblioteket ansvaret for å vidareføre arbeidet med utgangspunkt i lov om avleveringsplikt. I perioden 1988–1992 var det uklart kven som hadde ansvaret for bibliografien .
I november 2008 er det 15 500 postar i bibliografien. Bibliografien vert brukt av alle med interesse for samisk kultur og språk, men primært er den til nytte for forskarar og bibliotek i samiske område. I løpet av 2009 vil Nasjonalbiblioteket starte arbeidet med å flytte produksjonen av samisk bibliografi frå eit internt, utdatert system i Nasjonalbiblioteket til BIBSYS, på lik line med resten av Nasjonalbibliografien. Nasjonalbiblioteket ønskjer å utvide den samiske bibliografien med fleire materialtypar, som til dømes film og innspelt musikk. Det er også ønskjeleg å supplere bibliografien med utgjevingar i perioden 1988–1993, og for perioden før 1945.
Sidan samisk bibliografi berre dekkjer utgjevingar i Noreg, har det gjennom fleire år vore diskutert korleis ein felles samisk bibliografi for heile det samiske busetnadsområdet best kan realiserast. Dette har førebels ikkje lukkast, sidan data er registrerte i ulike datasystem i fleire land. Berre ein felles nordisk/russisk bibliografi kan gje eit komplett oversyn over samiske utgjevingar.
12.3 Bibliotektenester til nasjonale minoritetar
Dei nasjonale minoritetane i Noreg omfattar jødane, romfolket (sigøynarane), romanifolket (taterane), kvenene og skogfinnane. Kvensk, romanes (språket til rom) og romani (språket til romanifolket) er verna av Europarådets minoritetsspråkpakt. Vi viser til St.meld. nr. 35 (2007 – 2008) Mål og meining (språkmeldinga) for grundig informasjon.
Språkmeldinga legg til grunn at jødane i dag stort sett snakkar norsk, men nokre få kan snakke det opphavlege språket jiddisch. Nokre få hundre personar kan i tillegg snakke moderne hebraisk. Det flerspråklige bibliotek ved Deichmanske bibliotek formidlar mellom anna bøker på moderne hebraisk. Det Mosaiske Trossamfund i Noreg har også eit bibliotek.
Av dei om lag 300 – 400 personane som er av romfolket i Noreg, snakkar om lag 90 prosent romanes. Internasjonalt er det mange romspråk, med mange ulike namn. Internasjonalt finst det litteratur på romanes. Språket til romanifolket i Noreg er norsk romani, som er heilt ulikt romanes. I språkmeldinga står det at overslaga over dei som kan snakke norsk romani, varierer frå nokre få hundre til nokre tusen. På romani finst det fleire ordbøker og nokre songhefte. Det er elles ikkje gjeve ut bøker på romani og romanes i Noreg.
Kvensk er den offisielle nemninga på språket til kvenene som innvandra frå Finland og Nord-Sverige i perioden mellom ca. 1500 – 1800. Skogfinnane snakka tidlegare finsk, men dei aller fleste av etterkomarane deira snakkar no norsk. Finske ord og uttrykk er framleis i bruk på Finnskogen.
12.3.1 Nærare om kvensk og finsk bibliotekteneste
I 2005 vart kvensk anerkjent som eit eige språk med vern på nivå II etter den europeiske minoritetsspråkpakta. Det finst nesten ikkje utgjevingar på kvensk, med unnatak for nokre få romanar i kvensk språkdrakt. I tillegg finst Bibelen og religiøse skrifter på kvensk. Samstundes er det meste av litteraturen som vert lånt ut gjennom biblioteka skrive med standardfinsk rettskriving. Språket vert også nytta i gudstenester, i song og musikk, i annonsar og omsetjingar. Det finst ei kvenskspråkleg avis i Noreg, Ruijan Kaiku, som kjem ut ti gonger i året.
Kvensk er ikkje omfatta av eksisterande innkjøpsordningar eller av forlagsstøtte. Det er også eit svært lite marknadspotensial for kvenske bøker. For biblioteka betyr dette at det er svært lite litteratur på kvensk å kjøpe inn, men det vil vere mogeleg å kjøpe inn litteratur som vert utgjeve om kvenene. Det er no sett i gang eit arbeid med å utvikle ei språknorm for læremidlar, jf. nettstaden www.kvensk.no.
Finsk bibliotekteneste ved Finnmark fylkesbibliotek har fungert som sentralbibliotek for finsk litteratur i Noreg med ein eigen post på statsbudsjettet sidan 1985. Målet er å ha eit tilfredsstillande tilbod av finskspråkleg litteratur for alle i Noreg som ønskjer å lære eller lese finsk. Tilbodet på finsk omfattar bøker for barn og vaksne, lydbøker, musikk, DVD, notar, CD-rom og språkkurs. Finnmark fylkesbibliotek tilbyr også foredrag om bøker, forfattarar og trendar i den nyaste finske og finlandssvenske litteraturen. Norsk-finsk informasjons- og språksenter ved fylkesbiblioteket tek også på seg omsetjingar for offentlege etatar, bedrifter og privatpersonar.
Statstilskotet er eit vederlag for å vere eit sentralt formidlingsorgan med samlingar av finsk litteratur som vert stilte til disposisjon for andre bibliotek, men Finnmark fylkeskommune nyttar også ein god del eigne midlar til tenesta. Statstilskotet til finsk bibliotekteneste i 2009 er 354 000 kroner. Tilbodet er tilgjengeleg på nettsidene til Finnmark fylkesbibliotek. Her finst det også lenkjer til sentrale finske kulturinstitusjonar.
12.4 Bibliotektenester til andre minoritetsspråklege
Ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) har innvandrarane i Noreg bakgrunn frå 213 land og sjølvstyrte regionar. Dei har kome til Noreg som flyktningar, som arbeidsinnvandrarar, for å ta utdanning eller gjennom familierelasjonar til nokon i Noreg. I dag er det om lag 460 000 innbyggjarar i Noreg som anten har innvandra til Noreg sjølv, eller som er fødde i Noreg med innvandrarforeldre. Til saman utgjer desse gruppene 9,7 prosent av innbyggjarane i 2008. Dei største innvandrargruppene i Noreg kjem frå Polen, Pakistan og Sverige.
12.4.1 Innvandrargruppers bruk av biblioteket
Undersøkinga Hvem er de og hvor går de – om brukerne og deres adferd viste at innvandrargruppene er overrepresenterte på biblioteket i forhold til innbyggjartalet. Mellom brukarane som ikkje hadde norsk som morsmål, var menn i fleirtal, medan kvinnene var i fleirtal i gruppa med norsk som morsmål. Brukarar med annan bakgrunn enn norsk kjem oftare enn andre brukarar til biblioteket saman med kjende. Dei nytta også Internett på biblioteket i større grad.
Ei undersøking gjennomført av ABM-utvikling i 2006 15 viser at når folkebiblioteka først har tilbod på andre språk, har dei gjerne både brosjyrar, aviser, tidsskrifter og eigne samlingar. Biblioteka kjøper også ofte inn materiale som kan vere til støtte i norskopplæringa som ordbøker, lettlest litteratur på norsk, lydbøker, språkkurs og bøker om norske samfunnsforhold. Ein del bibliotek arrangerer leksehjelp, i eigen regi eller i samarbeid med friviljuge organisasjonar.
Mange folkebibliotek i kommunar med større grupper språklege og kulturelle minoritetar arbeider aktivt med å leggje til rette for desse brukargruppene. Nokre bibliotek har eit etablert samarbeid med til dømes innvandrarorganisasjonar, Internasjonalt senter og ulike kulturgrupper. På denne måten får biblioteka nærare kjennskap til bibliotekbehova til desse brukarane. Kontakten kjem også til nytte ved at ulike innvandrargrupper aktivt deltek på kulturarrangement i biblioteket.
Fleire fylkesbibliotek har sett i gang tiltak for å fremje fleirkulturell kompetanse i biblioteka. Dette omfattar erfaringsoverføring, nettverksbygging, rettleiing, kurs, konferansar og sirkulasjonssamlingar av litteratur på ulike språk.
Skulebiblioteka i grunnskulen og vidaregåande skule har eit stort potensial i å støtte opp under skulens arbeid med morsmålsopplæring, språkopplæring på norsk og integreringstiltak. Skulebiblioteket ved Vahl skole i Oslo har til dømes arbeidd aktivt med dette og har fått positive reaksjonar på arbeidsmetodane sine.
Utgangspunktet på universitet og høgskolar er at studentane må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å kunne følgje undervisning og andre faglege opplegg, men det kan også her vere behov for spesielle tiltak for at studentar med annan språkbakgrunn skal lukkast i å gjennomføre studiet. I tillegg må ein sjå på fleirspråklege og fleirkulturelle studentar som ein viktig ressurs i både utdanning og forsking, slik at det bør leggjast til rette for ei større breidde også i bibliotektilbodet.
Ved Høgskolen i Oslo er NAFO (Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring) oppretta for å arbeide med utfordringar knytte til fleirkulturell opplæring. Prosjektet Minoriteter i Profesjonsutdanning er også lagt til Høgskolen i Oslo, og i tilknyting til dette er det nettbaserte forumet Mangfold i Akademia (MaiA) oppretta. Det er viktig at biblioteka ved universitet og høgskolar også tek del i røynslene frå dette prosjektet.
I Mangfaldsåret har fleire bibliotek søkt om prosjektmidlar frå ABM-utvikling til fleirkulturelle prosjekt. Det er gjeve midlar til fire prosjekt.
Moss bibliotek: til nettverksbygging mellom biblioteka, vaksenopplæringsorganisasjonane og innvandrarorganisasjonane, og leggje til rette for hospitantplass i bibliotek
Tromsø bibliotek: til å utvikle biblioteket som ein møtestad for dei ulike kulturane i byen og samarbeid med vaksenopplæringa
Aust-Agder bibliotek og kulturformidling: til å utvikle forteljar- og formidlingskompetanse i fleirkulturelle miljø
Hordaland fylkesbibliotek: til nettverksprosjekt mellom bibliotek i eit fylke for å utvikle ein metodikk for korleis biblioteka i små kommunar med få minoritetsspråklege, kan gje eit fullverdig bibliotektilbod til desse brukarane, og korleis biblioteka kan utvikle kompetanse på dette området.
I Nasjonalbiblioteket vart pliktavlevering av trykksaker frå innvandrarorganisasjonar i fokus i samband med Mangfaldsåret 2008. Vidare vart utstillinga Pliktavlevert mangfold – trykksaker fra minoriteter i Norgelaga i samband med eit fleirkulturelt arrangement saman med OXLO-uken 16, Oslo kommune og Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo.
12.4.2 Det flerspråklige bibliotek
Det flerspråklige bibliotek (DFB) vart etablert som ei eiga avdeling av Deichmanske bibliotek i Oslo i 1983. Biblioteket er primært eit kompetanse- og rettleiingssenter for fylkes- og folkebiblioteka i spørsmål som har med bibliotektilbod til innvandrarar og flyktningar å gjere. Staten har inngått kontrakt med Oslo kommune ved Deichmanske bibliotek om kjøp av denne tenesta. Mange utdanningsinstitusjonar som til dømes grunnskolar og universitet nyttar også Det flerspråklige bibliotek. I dei siste åra har biblioteket også fått mange spørsmål frå barnehagar.
DFB har som visjon å vere inkluderande, integrerande og internasjonalt. For å oppfylle dette arbeider DFB med integrasjon, kulturelt mangfald og interkulturell kompetanse. DFB gjer det mogeleg for folkebiblioteka å gje eit bibliotektilbod på aktuelle morsmål til dei minoritetspråklege innbyggjarane ved at biblioteka kan tinge både depot og enkelte bøker, musikk og filmar frå DFB til sine lånarar. På nettsidene til DFB får ein oversyn over tilbodet. DFB er nasjonal fjernlånssentral for litteratur på nyare innvandringsspråk. Om lag 45 prosent av målgruppene bur i eller i nærleiken av Oslo.
Det flerspråklige bibliotek har samlingar på i alt 30 språk. Samlingane er samansett av skjønnlitteratur og fagbøker for både barn og vaksne. På ein del språk finst også teikneseriar, lydbøker og filmar. I 2007 var utlånet frå Det flerspråklige bibliotek til brukarar i Oslo på 108 000 og fjernlånet til resten av landet var på 75 377. Dette var ein nedgong frå 2006 på 17 prosent i Oslo og 8 prosent til resten av landet.
Når det gjeld vidareutlån i biblioteka rundt i landet frå dei depota som vert lånte frå DFB, vert desse utlåna registrerte i dei enkelte biblioteka, men dei vert ikkje synlege på utlånsstatistikken til DFB. Dette gjer at ein kan gå ut frå at utlånet av desse bøkene totalt sett er høgare enn det som kjem fram i statistikken. Utlånet frå DFBs samlingar varierer også mykje med asylpolitikken, slik at når det er mange asylsøkjarar i landet, går utlånet opp.
Det flerspråklige bibliotek driv også nettportalen Baazar med mellom anna nettutgåver av aviser og tidsskrifter frå 50 land, og eit utval av radio- og tv-sendingar over Internett, jf. omtale i boks. 12.1.
Boks 12.1 Bazar
Bazar er ei skreddarsydd teneste for språklege minoritetar i Noreg. Bazar er tilgjengeleg på 14 språk, inkludert russisk, og inneheld informasjon om arbeid, bustad, norskopplæring, integrering, introduksjonsordning, mattradisjonar, norsk historie, helseinformasjon og lenkjer til digitale utgåver av aviser og tidsskrifter frå heile verda. Bazar er utvikla og vert haldne ved like av Det flerspråklige bibliotek ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Føremålet med Bazar er å gjere overgangen frå heimlandet til Noreg lettare, fremje integrasjon i det norske samfunnet og sikre kontakten med heimlandets samfunnsutvikling, kultur og språk.
www.bazar.deichman.no
Staten ved ABM-utvikling finansierer ein vesentleg del av verksemda ved Det flerspråklige bibliotek. Tilskotet frå staten i 2008 er 8,35 mill. kroner, medan Oslo kommune medverkar direkte med i underkant av 2 mill. kroner. I tillegg er DFB integrert i Deichmanske bibliotek på mange ulike måtar slik at det er ikkje er lett å talfeste nøyaktig kor stor kommunen sin del er.
Statens tilskot til Det flerspråklige bibliotek har auka vesentleg dei siste åra. Dette har gjort det mogeleg å inkludere fleire språk som dari, pashto og burmesisk i samlingane samstundes som samlingar på andre språk er fornya. Det flerspråklige bibliotek byggjer også opp samlingar av lydbøker og film på dvd. Tilbodet av barne- og ungdomslitteratur er oppgradert og det er lagt vekt på tospråkleg litteratur for barn. Det er planar om å kjøpe inn musikk i 2009.
I bibliotekutgreiinga er det peika på at ei fellesteneste som Det flerspråklige bibliotek ikkje må vere til hinder for at andre kommunar med ein relativt høg konsentrasjon innanfor ei språkgruppe, kan ta heilt eller delvis ansvar for eigne samlingar. Fleire kommunar gjer dette i dag. Dette kan også skje gjennom interkommunalt samarbeid og med fylkeskommunal koordinering. Gjennom høyringa av bibliotekutgreiinga kom det fram at mange kommunar ønskjer eit meir systematisk utviklingsarbeid mellom ABM-utvikling, biblioteka og Det flerspråklige bibliotek. Særleg storbybiblioteka minner om at biblioteka har viktige oppgåver med å fremje interesse for kulturen og historia til innvandrarane.
Departementet viser elles til at Finnmark fylkeskommune har søkt om støtte frå departementet til å utvikle nasjonal norsk-russisk bibliotek- og informasjonsteneste ved Sør-Varanger bibliotek i Kirkenes. Det vert i søknaden vist til at det er stor etterspurnad etter russisk litteratur i Noreg generelt og i Finnmark spesielt. Finnmark fylkeskommune har tidlegare gjennomført og fått støtte via ABM-utvikling til prosjektet norsk-russisk bibliotek- og informasjonsteneste i grenseland i samarbeid med Sør-Varanger kommune, Troms fylkeskommune og bibliotek i Murmansk fylke.
12.5 Departementets vurdering
Det er eit mål å sikre eit godt bibliotektilbod for det samiske folket, nasjonale minoritetar og andre minoritetsspråklege. Lov om folkebibliotek § 1 slår klart fast at bibliotektilbodet skal omfatte alle som bur i landet. Tilbodet til samane, dei nasjonale minoritetane og andre minoritetsspråklege er ikkje omtala spesielt i lova eller i lovgrunnlaget, men er understreka i retningslinene for folkebibliotek frå 1993.
Etter biblioteklova er det kommunane som har ansvaret for å gje eit tilfredstillande bibliotektilbod til minoritetsspråklege. Kommunane har ansvar for å kartleggje behovet, undersøkje kvar det finst tilgjengeleg materiale og eventuelt byggje opp eigne samlingar ut frå lokale behov. Mange folkebibliotek har likevel ikkje kompetanse, eller mange nok innbyggjarar med andre morsmål enn norsk, til å gje eit breitt nok tilbod. Mange folkebibliotek har difor ikkje hatt høve til å byggje opp ei stor og variert boksamling til desse gruppene. Det finst heller ikkje trykt litteratur på alle språk.
I ein framtidig ny folkebibliotekstruktur med meir samarbeid om bibliotektenester over kommunegrensene, vil det vere naturleg å styrkje og å utvikle kompetansen og arbeidet med fleirkulturelle bibliotektenester slik at kommunane vert i betre stand til å følgje opp ansvaret som dei er tillagde i biblioteklova. I tilegg har staten eit ansvar for å medverke til at det finst nasjonale tenester og tiltak som kan gje betre bibliotektenester til minoritetsspråklege.
Samiske bibliotektenester
Sametinget har dei siste åra fått overført midlar til ei rekkje samiske kulturinstitusjonar og tiltak frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Føremålet har vore å gje Sametinget ein meir direkte innverknad på forvaltninga av midlar til samiske kulturtiltak og institusjonar som har samisk kunst og kultur som sitt arbeidsområde.
I dag er det Sametinget som har det overordna ansvaret for å styrkje og utvikle bibliotektilbodet til det samiske folket, medan norske styresmakter har ansvaret for at ein innanfor ramma av ein nasjonal bibliotekpolitikk sikrar eit godt bibliotektilbod for alle grupper. Eit velfungerande Sametingets bibliotek, som kan vere eit kompetansesenter for alle bibliotek, er difor svært viktig.
Ein velfungerande samisk bibliografi er ein føresetnad for å utvikle gode samiske bibliotektenester. Det må difor arbeidast vidare med å utvikle ein felles samisk bibliografi. Dette er eit arbeid som Nasjonalbiblioteket i dag har ansvaret for i samarbeid med dei andre nordiske nasjonalbiblioteka.
Ei samisk innkjøpsordning for litteratur har vore etterspurt av fleire aktørar. Kultur- og kyrkjedepartementet har også ved fleire høve drøfta saka i nordisk samanheng, med tanke på å få gjeninnført ei nordisk innkjøpsordning som eksisterte i perioden 1985–1999. Denne ordninga vart opphavleg oppretta i Norsk kulturråd, men vart etter kvart flytta til Nordisk Sameråd. Ordninga vart lagt ned i 1999, utan at departementet kan sjå at det vart gjennomført ei evaluering.
Føremålet med ei eiga innkjøpsordning for samisk litteratur måtte vere å stimulere til at samisk litteratur vert meir tilgjengeleg, og å sikre at det vert gjeve ut samiske bøker i ei tilstrekkeleg mengde og av ein god nok kvalitet. Departementet vil ikkje utelukke at ei innkjøpsordning for samisk litteratur kan vere eit godt tiltak, men meiner likevel at det er behov for å vurdere dette verkemidlet nærare.
Sametinget har no teke eit initiativ for å undersøkje om det vil vere mogeleg å innføre ei innkjøpsordning for samisk litteratur. Undersøkinga vil vurdere ei slik ordning, og sjå dette verkemidlet i samanheng med eksisterande tiltak for å stimulere til produksjon og spreiing av samisk litteratur. Undersøkinga vil også vurdere korleis ei slik ordning bør organiserast og kva omfang ho eventuelt bør ha.
Departementet vil sjå til at det samiske perspektivet vert innarbeidd i nasjonale satsingar på bibliotekområdet. Det vil også vere viktig å utvikle gode strategiar for samarbeid om det samiske over landegrensene. Departementet viser elles til at regjeringa for tida arbeider med å utvikle ein ny samisk språkpolitikk med eit strategisk og heilskapleg perspektiv, jf. omtale i St. meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein sentral del av dette arbeidet er å utvikle ein handlingsplan for samisk språk.
Bibliotektenester til nasjonale minoritetar
Gjennom Finsk bibliotekteneste vert behovet for finsk litteratur i Finnmark og i resten av landet i dag godt teke vare på. Gjennom aktiv formidling og foredrag til andre bibliotek får fleire kjennskap til den finske litteraturen. Departementet går inn for at noverande ordning med statstilskotet til Finsk bibliotekteneste vert vidareført.
Det er eit stort potensial for formidlingssamarbeid mellom abm-institusjonane om kulturen og språket til dei nasjonale minoritetane. Musea som arbeider med dei nasjonale minoritetane og deira historie, har også bibliotek med samlingar av litteratur og musikk av og om desse minoritetane. Det er også eit stort potensial for samarbeid med andre land om formidlingstiltak.
Det integrerande biblioteket
Departementet legg til grunn at biblioteka har ei tosidig oppgåve i det fleirkulturelle samfunnet. På den eine sida skal biblioteka gjere sitt til inkludering gjennom litteratur- og kunnskapsformidling, og på den andre sida skal biblioteka formidle kunnskap om breidda av det kulturelle mangfaldet i Noreg. Opplæring, aktivitetar og tilbod i biblioteket er med på å skape personleg utvikling, og medverkar til integrering, læring og kulturforståing.
Biblioteket kan også vere ein aktør som kan bidra til å utvikle norskkunnskapane til dei gruppene som er i ein opplæringssituasjon. For innvandrarar, uansett alder, vil det vere ein stad å hente litteratur på norsk, også lettlest litteratur, slik at språket kan utvikle seg over tid.
I eit organisert samarbeid med skulane og vaksenopplæringsorganisasjonane kan biblioteka tilby møtestader for lesing, læring og oppleving. Biblioteka kan her vere aktive og skape ein møtestad med tilbod om til dømes norskopplæring, dataopplæring eller jentegrupper. Slike formelle møte kan over tid bli uformelle møte, som igjen er med på å skape tilhøyrsle, identitet og inkludering.
For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området. Departementet vil vurdere desse aspekta i samband med tiltak for å styrkje det generelle kompetansebehovet i biblioteksektoren.
Det flerspråklige bibliotek
Departementet vil peike på at det prinsipielt sett er kommunane som har hovudansvaret for å tilby bibliotektenester til dei ulike språklege minoritetane som er busette i kommunane. Dei har ansvar for å kjøpe inn materiale og byggje opp samlingar som er tilpassa desse gruppene. Staten skal gjennom ekstratiltak støtte opp om kommunane sitt arbeid.
Det flerspråklige bibliotek får statstilskot for å vere eit nasjonalt kompetansesenter og nettverksbyggjar. Det flerspråklige bibliotek skal medverke til auka integrasjon av språklege minoritetar, og til å utvikle kunnskapen om bibliotektenester til minoritetsspråklege. Departementet meiner at dei funksjonane og den relevansen biblioteket har for minoritetsspråklege i alle landets kommunar, bør utviklast i tida framover. Biblioteket som kompetansesenter bør styrkjast, og biblioteket kan også i aukande grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt og nettverk. I denne samanhengen vil det vere viktig å utvikle dei kompetanse på kulturelt mangfald hos dei tilsette i biblioteka.
Norsk-russisk bibliotek- og informasjonsteneste
Departementet viser til at Det flerspråklige bibliotek også har eit nasjonalt ansvar for russiske bibliotektenester. Det flerspråklige bibliotek kjøper inn russisk bibliotekmateriale, har ein informasjonsdatabase om norske samfunnstilhøve og gjev også digitalt tilgjenge til ei rekkje russiske informasjonskjelder og aviser, jf. nettstaden www.bazar.deichman.no omtala i boks 12.1. Prinsipielt sett ønskjer ikkje departementet å byggje opp nye nasjonale sentra for språkgrupper som alt er dekte gjennom Det flerspråklige bibliotek. Departementet viser generelt til at det er kommunane som har ansvar å styrkje tilbodet til minoritetsspråklege grupper busette i kommunane.
Departementet ser likevel at det kan vere behov for å styrkje det russiske bibliotektilbodet i nordområda gjennom mellom anna å utvikle biblioteksamarbeidet og lånesamarbeidet over grensa mellom Noreg og Russland. Departementet viser i denne samanhengen til at det i januar 2009 vart signert ein handlingsplan for norsk-russisk kultursamarbeid i nordområda. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle ei norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes innanfor ramma av denne handlingsplanen. Dette vil ikkje innebere å flytte det nasjonale ansvaret for russisk frå Det flerspråklige bibliotek, men det vil vere eit tiltak som kan styrkje og betre norsk-russisk samarbeid om bibliotektenester.
12.6 Oppsummering av tiltak og strategiar
Kultur- og kyrkjedepartementet vil syte for at det samiske perspektivet vert vareteke i nasjonale satsingar på bibliotekfeltet.
Nasjonalbiblioteket vil arbeide vidare med å utvikle ein felles samisk bibliografi i samarbeid med dei andre nordiske nasjonalbiblioteka og eventuelt det russiske nasjonalbiblioteket.
Sametinget vil undersøkje om det skal innførast ei innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha.
For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje og utvikle Det flerspråklige bibliotek som eit nasjonalt kompetansesenter for bibliotektenester til minoritetsspråklege. Biblioteket kan i større grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt og nettverksarbeid.
Norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes vil verte vurdert innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk kultursamarbeid som vart signert i januar 2009. Det flerspråklige bibliotek ved Deichmanske i Oslo vil framleis ha det nasjonale ansvaret for russiske bibliotektenester.
13 Spesielle bibliotektenester
13.1 Innleiing
I folkebiblioteklova er målgruppa for folkebiblioteka sine tenester «alle som bor i landet». Dette er utdjupa mellom anna i retningslinene for reglement for folkebibliotek, der det heiter at «grupper med spesielle behov må spesielt tilgodeses».
I dette kapitlet vert det sett nærare på tilrettelagde bibliotektenester, bibliotek i fengsel og bibliotek i helseinstitusjonar.
13.2 Tilrettelagd litteratur og bibliotektenester
Lov nr. 42 av 20. juni 2008 om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven), gjeld også for biblioteka. Lova legg rammer for det ansvaret det offentlege har til universell utforming av bygningar og av offentlege ikt-tenester.
Også tenestene som biblioteka i høgre utdanning tilbyr, må vere tilgjengelege for alle, jf. § 4 – 3 om læringsmiljø, der det heiter at styret har ansvar for «at læringsmiljøet er utformet etter prinsippet om universell utforming».
Gjennom prosjektet Det tilgjengelege bibliotek i perioden 2001–2005 vart det utarbeidd retningsliner og verktøy som biblioteka kan nytte i arbeidet med å følgje opp desse krava. Det er òg gjennom fleire gode prosjekt bygt opp røynsler med formidling av tilrettelagd litteratur i biblioteka. Biblioteka og bibliotektenestene skal vere tilgjengelege for alle, og enkeltmenneske og grupper må få tilgjenge til litteratur og tenester som er spesielt tilrettelagde for deira behov. Tenestene til Norsk Lyd- og Blindeskriftbibliotek, jf. nærare omtale i pkt. 4.2.2, er difor særs viktige.
13.2.1 Leser søker bok
Leser søker bok er ein allianse som arbeider for at det vert laga tilrettelagde bøker, ved å gje støtte til forfattarar, illustratørar og forlag. I tillegg arbeider Leser søker bok for at lesarane enkelt skal finne fram til bøkene, både i handelen og i biblioteka. Kvart år kjem katalogen Bok til alle ut, og på nettsida www.boksøk.no kan ein søkje i ein eigen database over tilrettelagde bøker. Leser søker bok inngår avtaler om samarbeid med folkebibliotek om å vere «Bok til alle»-bibliotek.
Gjennom avtala skal biblioteket styrkje samlinga av tilrettelagd litteratur og etablere ei ordning med leseombod. Mange klarer ikkje å lese bøker sjølve, anten fordi synet eller konsentrasjonen sviktar, eller at ein har vanskar med å forstå. Leseombodet les høgt for desse. Leser søker bok tilbyr både økonomisk og fagleg støtte til «Bok til alle»-biblioteka, og opplæring for leseombod. Leser søker bok får støtte til drifta over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett, og har fått prosjektmidlar frå ABM-utvikling til å styrkje tilbodet i biblioteka.
Boks 13.1 Eplebiblioteket
Eplebiblioteket ved Tromsø bibliotek og byarkiv tilbyr gode tenester for barn med nedsett funksjonsevne. Målet er å skape bibliotektenester og utforme biblioteklokale som er gode å bruke for alle barn, også barn med nedsett funksjonsevne. Det er eit mål at alle skal få eit likeverdig tilbod ved sitt lokale bibliotek. Verkemidla som vert tekne i bruk, er ein kombinasjon av universell utforming og spesiell tilrettelegging. Også kompetanseutvikling og brukarmedverknad er viktige strategiar for å nå målet. Fleire folkebibliotek utviklar no slike tilbod i eige bibliotek på grunnlag av røynslene frå Eplebiblioteket i Tromsø.
13.2.2 Bibliotektenester til teiknspråklege
For å kunne yte bibliotektenester for teiknspråklege, er det ein føresetnad at det vert produsert både bøker og anna som er spesielt tilrettelagde for denne gruppa. Over statsbudsjettet vert det løyvt tilskot til produksjon av videogram for døve. Føremålet er å produsere teiknspråkbøker på dvd for barn og unge for å styrkje leseevna, men òg for å byggje opp under teiknspråk som eige kulturelt uttrykk.
I 2009 dekte beløpet på 694 000 kroner tre tiltak, det eine i form av eit forprosjekt. Det vart behandla 8 søknader på i alt 2,55 mill. kroner. Då ordninga vart oppretta, vart det lagt til grunn at det skulle vere ein plan for opptrapping av løyvingane, slik at støtta til produksjon kom opp i 2,5 millionar, og rakk til 10 – 13 produksjonar i året. Utvalet som vurderer søknadene, anbefaler no ei evaluering av ordninga.
13.3 Bibliotek i fengsel
Etter folkebiblioteklova § 1 og straffegjennomføringslova § 4 har innsette rett til bibliotektenester. I tillegg står det i opplæringslova at elevar skal ha tilgjenge til bibliotek som er tilpassa deira behov, noko som også gjeld elevar i fengsla. Tilgang til bibliotektenester blir dessutan understreka i internasjonale konvensjonar og avtaler som Noreg har ratifisert, til dømes FNs Standard Minimum Rules for the Treatment of Prisonersog Europarådets rekommandasjon nr. R (87) 3 De europeiske fengselsregler.
Staten har hatt ansvaret for fengselsbiblioteka heilt sidan tenesta starta som ei prøveordning i 1979. Justisdepartementet har ansvar for lokale, utstyr og inventar, medan Kultur- og kyrkjedepartementet dekkjer utgifter til løn og utlånsmedium. ABM-utvikling forvaltar ordninga. Ordninga er regulert av avtaler mellom ABM-utvikling og kvar enkelt kommune, og mellom det enkelte bibliotek og det enkelte fengsel. Når det vert bygt nye fengsel, vert det planlagt lokale til bibliotek.
Fengselsbiblioteka er viktige både med omsyn til livskvalitet under soning og i arbeidet med å rehabilitere innsette. Biblioteka er ein ressurs for organisert opplæring, for uformell læring og som kjelde til informasjon. Biblioteka gjev også kulturopplevingar og underhaldning.
Ifølgje bibliotekstatistikken for 2007 låner innsette i fengsla om lag 18 gonger fleire bøker og andre medium enn andre bibliotekbrukarar. I 2007 lånte kvar innsett 90 bøker og andre medium medan gjennomsnittet per innbyggjar var 5,1.
I bibliotekutreiingavert det peika på at organiseringa av bibliotektenester i fengsel er med på å skape eit godt tilbod til dei innsette. Tenestene er samordna og integrerte i det nasjonale biblioteknettverket. Bibliotekutgreiinga peika elles på at auka soningskapasitet i fengsla ville føre til eit større behov for bibliotektenester, at det var behov for å vurdere alternative måtar å tilby tenester i mindre fengsel, og at restriksjonar på bruk av Internett i fengsel legg band på tilgjenget til digitale bibliotektenester.
Som oppfølging av bibliotekutgreiinga vart det laga ein plan for bibliotektenester i fengsel for åra 2007–2009. Tilskotet til fengselsbibliotekordninga auka frå 5,9 mill. kroner i 2005 til 14,5 mill. kroner i 2008. For 2009 er tilskotet over statsbudsjettet på over 17 mill. kroner.
Budsjettauken har gjort det mogeleg å betre situasjonen for dei fengselsbiblioteka som alt er finansierte av statlege midlar, og å opprette nye fengselsbibliotek. I 2008 vart det gjort avtaler med ni bibliotek om å levere bibliotektenester til fengsel. Når desse avtalene er i drift, vil det vere tilbod om bibliotektenester ved om lag 85 prosent av dei soningsplassane som staten er pliktig til å gje eit tilbod til.
13.4 Bibliotek i helseinstitusjonar
Bibliotektilbod i helseinstitusjonar er omfatta av Lov om folkebibliotek, jf. § 1. I § 2 der det er understreka at «folkebibliotekvirksomheten omfatter også bibliotektjenester for pasienter i sykehus og helseinstitusjoner og andre som har spesielle vansker med å bruke biblioteket». I § 14 er står det vidare at «Det kan gis særlige statstilskudd til visse bibliotekformål som ikke naturlig hører inn under den enkelte kommunes ansvarsområde, eller som er av særlig betydning for opprettholdelse av et nasjonalt bibliotekssystem. Departementet gir nærmere bestemmelser.»
Det er ikkje gjeve slike føresegner.
Fram til biblioteklova vart endra i 1985 stod det i dåverande § 11 at alle sjukehus skal syte for at pasientar får høve til å låne bøker. Til dette føremålet skal det årleg løyvast eit beløp over sjukehusets budsjett. Med «sjukehus» er her også meint institusjonar som er underlagde Lov om psykisk helsevern.
Etter revisjonen av biblioteklova i 1985, vart dette endra med føresegnene i § 2, som nemnd over. Dette er framleis gjeldande lov. I Ot.prp. nr. 14 (1985–86), førearbeida til lov om folkebibliotek, står det at for dei institusjonane som er eit statleg ansvar, som visse sjukehus og fengsla, er bibliotektilbodet eit statleg ansvar. Det vart laga ein utbyggingsplan for bibliotektenester i statlege helseinstitusjonar og den første løyvinga vart gjeve over statsbudsjettet i 1985.
Denne planen vart ikkje følgt opp vidare, og det vart etter kvart opp til folke- og fylkesbibliotek å følgje opp dette i eit samarbeid med helseinstitusjonane. Fram til sjukehusreforma i 2002 var det flest fylkeskommunale sjukehus og helseinstitusjonar, men med innføringa av dei statlege helseføretaka er dette no endra. I dag har fylkeskommunane ikkje lenger ansvar for helseinstitusjonar. Staten eig helseinstitusjonane gjennom dei statlege helseføretaka, medan kommunane er eigarar av institusjonar innanfor pleie- og omsorg.
Då staten overtok ansvaret var det ingen automatikk i at staten skulle ha eit spesielt ansvar for pasientbiblioteka i form av ei eiga tilskotsordning. I dag er det berre Rikshospitalet som får driftstilskot til pasientbibliotek over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett med ein samla sum på om lag 1,9 mill. kroner i 2009. Tilskotet vert utbetalt til Deichmanske bibliotek som utfører tenesta etter avtale med Rikshospitalet.
Ullevål universitetssykehus har utvikla ein ny modell for bibliotek i helseinstitusjonar. I 2000 vart det etablert eit nytt læresenter for pasientar og pårørande. Det tidlegare pasientbiblioteket vart integrert i det nye læresenteret for å gje eit utvida tilbod til pasientar, pårørande og tilsette. Pasientbiblioteket er her integrert i ein modell som omfattar informasjon, kurs, rettleiing og utlån av litteratur, video, musikk og kunst til pasientane. Det er lagt stor vekt på å leggje til rette for bruk av Internett. I tillegg kjem den oppsøkjande verksemda på avdelinga i form av boktraller og bokdepot.
I bibliotekutgreiinga vart det vist til at helsevesenet er samansett av eit mangfald av ulike institusjonar, og det vert vurdert som lite tenleg å etablere statlege støtteordningar til bibliotektenester i helseinstitusjonar innanfor eit slikt system. Bibliotekutgreiinga er difor klar på at ansvaret for å drive og finansiere slike tenester, bør leggjast til helsevesenet. Det vert vist til at fleire av dei statlege musea får si driftsstøtte gjennom sine fagdepartement, slik som Forsvarsmuseet under Forsvarsdepartementet, Norsk vegmuseum under Samferdselsdepartementet og Nasjonalt medisinsk museum under Helse- og omsorgsdepartementet.
For å medverke til ei positiv utvikling av bibliotektenestene ikkje berre ved dei statlege helseføretaka, men også ved andre helseinstitusjonar, gjer bibliotekutgreiinga framlegg om at det bør etablerast eit innsatsprogram for å utvikle gode og tenlege bibliotektenester knytte til helse og rehabilitering. Det vert særleg vist til at modellen som er utvikla ved Ullevål universitetssykehus, kan fungere som ein pilot også for andre institusjonar.
Ved mindre einingar vert det vist til at det kan vere meir tenleg å inngå avtale om drift av pasientbibliotek med eit lokalt folkebibliotek. Det vert også vist til at formidling er viktig, og at tiltak som leseombodsordninga til Leser søker bok kan fungere positivt for brukarar ved helseinstitusjonar og andre institusjonar som har behov for slike tenester. Eit nasjonalt organ som ABM-utvikling kan medverke til ei samla utvikling av feltet.
13.5 Departementets vurdering
Tilrettelagd litteratur og bibliotektenester
Det er eit mål at både dei fysiske biblioteka og dei tenestene som biblioteka tilbyr skal vere tilgjengelege for alle. Dette er eit viktig perspektiv som må byggjast inn i alle planar for å utvikle biblioteka i framtida. Med dei auka krava som blir stilte til antidiskriminering og inkludering, er Norsk lyd og blindeskriftbiblioteks arbeid særs aktuelt. Det set krav til NLB om å gjere ein større del av folkebiblioteklitteraturen tilgjengeleg for publikum. Det set også strengare krav til studenttenesta. Tilbodet til studentane skal vere breitt og av god kvalitet, og litteratur skal kunne produserast på kort tid til studentar som har rett på slik tilrettelegging. Arbeidet som vert utført i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, er av stor verdi og skal utviklast vidare. Tilbodet gjennom NLB gjer at menneske med syns- og lesehemmingar får eit godt bibliotektilbod, høve til å delta i kulturliv og til å ta høgare utdanning.
I dei komande åra vil det vere ei utfordring for NLB å halde oppe dagens høge produksjonsnivå, og samstundes fortsetje den sterke satsinga på å vidareutvikle produkt, produksjonsmåtar og distribusjonsformer. Ei utvikling av tenestetilbodet og auka samarbeid med andre produsentar av tilrettelagd litteratur, er avgjerande for at syns- og lesehemma skal kunne ha full nytte av den teknologiske utviklinga. Like viktig er eit godt samarbeid med biblioteka om formidlingsspørsmål, og med forlagsbransjen om tilgjenge til elektronisk grunnlagsmateriale.
Departementet vil også særleg trekkje fram det arbeidet som vert utført av Leser søker bok og leseomboda rundt omkring i landet. Leser søker bok har avtaler om samarbeid med mange folkebibliotek.
Bibliotek i fengsel
Departementet vil understreke at det dei siste åra er gjort mykje godt arbeid for å utvikle bibliotektenester i fengsla.
Det er eit mål at alle innsette skal ha tilbod om bibliotektenester. Fengsel med meir enn 25 innsette bør normalt ha eige bibliotek, og i mindre fengsel bør ein normalt sikre fullgode bibliotektenester på alternative måtar.
Ei særleg utfordring for fengselsbiblioteka er dei restriksjonane som er lagde på tilgjenge til Internett, og dermed på tilgjenge til digitale tenester. Det vil i denne samanhengen vere viktig å følgje det arbeidet som vert gjort for å utvikle sikre nett i samband med fengselsundervisninga, og eventuelt vurdere om og korleis dette kan implementerast i biblioteka.
I tida framover vil det vere viktig å arbeide for at det vert tilgjenge til bibliotektenester også ved dei 15 prosent av soningsplassane som i dag ikkje får eit tilbod om statleg finansierte bibliotektenester. Dette er eit mål som er innan rekkjevidde gjennom auken i tilskotet for 2009.
Ein må også sjå til at det vert oppretta bibliotek i nybygde fengsel. Særleg viktig er det å sjå til at det nye fengslet som opnar i Halden i 2010 får eit tilbod. Departementet vil følgje opp plan for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt bibliotektilbod.
Bibliotek i helseinstitusjonar
Departementet viser til at vi i dag har eit mangfald av helseinstitusjonar på ulike forvaltningsnivå, og at dei ulike målgruppene ved institusjonane har ulike behov. Departementet meiner at det særleg må leggjast vekt på å sikre bibliotektilbodet til barn og unge, langtidspasientar og pasientar innan rehabilitering. Brukarane må få eit tilbod som er tilpassa individuelle behov, og tenestene må omfatte tilgjenge til bøker, musikk, lydbøker og formidling. Det er eit spesielt ansvar å syte for at barn i skulealder får dekt sitt behov for skulebibliotektenester.
Departementet meiner at ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar bør leggjast til helsevesenet. For eit statleg pasientbibliotek som til dømes biblioteket ved Rikshospitalet, vil dette innebere at dagens tilskot over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett i framtida vert gjeve over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett, og at dei statlege helseføretaka har eit ansvar for at institusjonane yter bibliotektenester til sine pasientar. Ei slik organisering vert i dag nytta også innanfor museumssektoren, til dømes for Nasjonalt medisinsk museum og Forsvarsmuseet.
Modellen som er utvikla på Ullevål universitetssykehus, kan fungere som ein pilot for å etablere tilsvarande tenester ved andre statlege helseføretak. Ved mindre einingar kan det vere tenleg å inngå avtale om drift av pasientbibliotek med eit lokalt folkebibliotek. Det vil samstundes vere viktig å vidareutvikle tiltak innanfor litteraturformidling, slik som leseombodsordninga som Leser søker bok har etablert.
For kommunale helseinstitusjonar må den enkelte kommunen finne ut korleis tilbodet til brukarane skal organiserast. Ofte kan personale eller pasientar sjølve bruke folkebiblioteket, eller folkebiblioteket kan ha ei oppsøkjande teneste ved dei ulike institusjonane.
13.6 Tiltak og strategiar
Kultur- og kyrkjedepartementet vil sjå til at produksjonsnivået ved NLB vert halde oppe, og at tenestene vert utvikla i takt med den teknologiske utviklinga.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil fullføre planen for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt bibliotektilbod.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil overføre ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar til helsevesenet.
14 Økonomiske og administrative konsekvensar
I denne meldinga vert det gjort framlegg om ei satsing på biblioteka i perioden 2010-2014. Satsinga skal leggje til rette for at bibliotekfeltet arbeider i same retning, og tek i bruk løysingar som gjev brukarane bibliotektenester av høg kvalitet. Dette inneber at biblioteka og dei ulike forvaltingsnivåa må ta i bruk løysingar og byggje strukturar som er robuste nok til å møte morgondagens utfordringar. Ein viktig konsekvens av dette er at statlege tiltak i endå større grad skal gje meirverdi for biblioteka, og at ein på kommunalt og fylkeskommunalt nivå må medverke til å forme ein lokal og regional bibliotekpolitikk som byggjer opp under nasjonale målsetjingar.
Det vert ikkje gjort framlegg om å endre den eksisterande ansvars- og oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa på bibliotekområdet. Ansvaret for biblioteka vil framleis vere delt mellom kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå, og mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet. For å styrkje samarbeidet og samspelet mellom forvaltningsnivåa, vert det gjort framlegg om ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler mellom staten og fylkeskommunane. Desse samarbeidsavtalene skal vere verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og nasjonale satsingar, og danne grunnlag for regionale og kommunale handlingsplanar på bibliotekområdet.
Det er også eit viktig mål å betre samarbeidet og samordninga på statleg nivå i åra framover. I meldinga vert det lagt til grunn at Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet må samarbeide nærare om viktige bibliotekpolitiske saker. Dette handlar mellom anna om samarbeid for å justere retningslinene til ABM-utvikling, men også om å samarbeide nærare om oppgåver som kompetanseutvikling, forskings- og utviklingsspørsmål, lisensar og konsortieavtaler og tiltak for å styrkje leselyst og lesedugleik.
Dei tiltaka som det elles vert gjort framlegg om i meldinga, vil i stor grad handle om å setje i gang prosessar for å utvikle samarbeidet og samordninga i bibliotekfeltet. Dette er prosessar av administrativ karakter som kan føre til at ein nyttar eksisterande ressursar på nye og meir tenlege måtar. Det vert lagt til grunn at ein gjennom omprioriteringar innanfor eksisterande budsjettramme skal kunne frigjere midlar til konkrete satsingar.
Meldinga varslar i tillegg ei rekkje lovrevisjonar. Dette omfattar den pågåande revisjonen av åndsverklova, revisjon av folkebiblioteklova og pliktavleveringslova. Det er dessutan varsla harmoniseringar mellom folkebiblioteklova og universitets- og høgskulelova for å styrkje ressursdelinga og samarbeidet om fjernlån. Desse lovrevisjonane vil ikkje ha eit innhald som fører med seg nemneverdige økonomiske endringar. Eventuelle justeringar i lovverket kan opne for enkelte administrative endringar som kan frigjere midlar til konkrete og målretta satsingar og tiltak i bibliotekfeltet.
Generelt sett er dei tiltaka som er omtala i denne meldinga anten pågåande tiltak, eller tiltak som ein øynskjer å vurdere nærare i samband med dei årlege budsjettproposisjonane. I nokon grad vil det vere snakk om å omprioritere midlar i institusjonar med statleg tilskot, og i nokon grad vil det vere snakk om å stimulere til at kommunalt og fylkeskommunalt nivå medverkar til løysingar som er i tråd med overordna nasjonale målsetjingar. Det er i alle høve ein føresetnad at dei mål, strategiar og tiltak som det vert gjort framlegg om i denne meldinga, skal kunne dekkjast innanfor dei gjeldande budsjettrammene.
Fotnotar
Abelsnes, Kristine 2008
Undersøkinga er gjennomført av Sigbjørn Hernes, Høgskolen i Lillehammer
Audunsson, Ragnar 2004
Folkebibliotekerne efter kommunalreformen, Styrelsen for Bibliotek og Medier 2008
Dei tematiske museumsnettverka omfattar følgjande: arbeidarkultur, bergkunst, bergverk, bygg, drakt og tekstil, handverk, herregardar, kulturlandskap, kvinnehistorie, kystkultur, landbruk, litteratur, luftfart, magasin og bevaring, medisinsk historie, minoritetar og kulturelt mangfald, musikk og musikkinstrument, samisk kultur, samtid, sjøfart, skog, teknologi- og industrihistorie.
ABM-skrift nr. 46, 2008
Audunsson, Ragnar, 2005
Jf. PLACE-prosjektet ved Høgskolen i Oslo
Aabø, Svanhild, 2005
ABM-skrift nr. 46, 2008
Kunnskapsdepartementet, Kartlegging av språkstimulering og språkkartlegging i kommunene, sluttrapport, mars 2008, Rambøll management
Eit språkteoretisk utgangspunkt for BOKTRAS er TRAS, eit materiale for tidleg registrering av språkutvikling.
Bok i bruk i barnehagen. Språkstimulering gjennom leseaktiviteter, Lesesenteret 2007.
Borgen, Jorun Spord og Brandt, Synnøve Skjersli Brandt, 2006
Vaagan, Robert 2006.
OXLO står for Oslo Extra Large og er ein del av kommunens arbeid mot rasisme, fordommar og diskriminering.