5 Tverrfagleg samarbeid
5.1 Samarbeidet mellom statsministrane
Statsministrane har det overordna ansvaret for samarbeidet mellom regjeringane i dei nordiske landa. I tillegg til den løpande kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål har statsministrane òg regelmessige møte. På dagsordenen står både nordiske, europeiske og andre internasjonale spørsmål.
Sidan den førre stortingsmeldinga om nordisk samarbeid har det som vanleg vore halde to nordiske statsministermøte. Det første vart halde 25. oktober 2005 i samband med sesjonen i Nordisk Råd i Reykjavik, og det andre på Svalbard 19. juni 2006. Det er på møtet deira under sesjonen at statsministrane legg størst vekt på nordiske spørsmål. Statsministrane møtte òg presidiet i Nordisk Råd og representantar for dei sjølvstyrte områda under sesjonen. Det neste nordiske statsministermøtet finn stad i samband med sesjonen i Nordisk Råd i København, som vil bli halden 31. oktober–2. november 2006.
Statsministrane har mellom anna diskutert tema som prioriteringane for den danske og den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd i høvesvis 2005 og 2006, dei sjølvstyrte områda si deltaking i det nordiske samarbeidet, moderniserings- og effektiviseringsprosessen i Ministerrådet, nedbygging av grensehinder mellom dei nordiske landa, nordiske verdiar og den nordiske samfunnsmodellen som eit internasjonalt konkurransefortrinn (Norden som global vinnarregion), nordisk kriseberedskap og vern mot fugleinfluensa.
På statsministermøtet 25. oktober 2005 presenterte statsministeren hovudprioriteringane i det norske formannskapsprogrammet: nordområda i Europa, den nordiske velferdsmodellen og kunnskap, fornying og verdiskaping. Landa gav si tilslutning til dette programmet.
Regjeringa legg vekt på nordområdespørsmål òg innanfor rammene av det nordiske samarbeidet. Statsministeren orienterte om regjeringa sin nordområdepolitikk på det nordiske statsministermøtet på Svalbard 19. juni. Her orienterte han om dei store ressursførekomstane og trongen for å balansere ressursutnyttinga med omsyn til det sårbare miljøet i nord. Han la òg vekt på kor viktig det er å samarbeide med Russland og andre aktuelle land om nordområdespørsmåla.
Under statsministermøtet 25. oktober vart det uttrykt ønske om at samarbeidsministrane ser nærare på dei sjølvstyrte områda si deltaking i det nordiske samarbeidet. I kjølvatnet av dette bad samarbeidsministrane generalsekretæren i Nordisk Ministerråd om å kartleggje denne deltakinga. Rapporten frå generalsekretæren vart lagd fram i mai 2006, og omhandlar juridiske og praktiske spørsmål som er avgjerande for i kor stor grad dei sjølvstyrte områda kan delta. Rapporten er til handsaming i landa, og vil deretter bli diskutert vidare på fellesnordisk basis.
I dei diskusjonane statsministrane har hatt om europaspørsmål, har Finland orientert om prioriteringane i sin EU-formannskap, som mellom anna omfattar den nordlege dimensjonen og tilhøvet til Russland. Statsministrane har òg diskutert andre EU-spørsmål, som utvidinga av EU og forfatningstraktaten.
Av andre internasjonale spørsmål har statsministrane diskutert Darfur, Iran, Irak, Afghanistan, terrorisme og FN.
Ut over dette blir statsministrane jamleg haldne orienterte om andre sentrale og aktuelle spørsmål som står på Nordisk Ministerråd sin dagsorden.
Regjeringa ser på statsministermøta som viktige for det nordiske samarbeidet.
5.2 Samarbeidsministrane og deira arbeid, budsjett og administrasjon
Statsråd Heidi Grande Røys har vore nordisk samarbeidsminister sidan 17. oktober 2005. Dei andre samarbeidsministrane er Connie Hedegaard (Danmark), Jan-Erik Enestam (Finland), Jónína Bjartmarz (Island) og Berit Andnor (Sverige). Møta blir i 2006 leidde av Noreg som formannskapsland, og samarbeidsministrane vil dette året ha fem møte der dei behandlar og gjer vedtak i ei rekkje saker. Samarbeidsministrane gjer dessutan vedtak ved skriftleg prosedyre mellom møta.
Ein viktig del av oppgåvene til samarbeidsministrane er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Budsjettet for 2006 vart vedteke i dialog med Nordisk Råd, med ein reell nedgang i aktivitetsramma på 10 mill. DKK samanlikna med 2005. Reduksjonen i aktivitetsramma vart i budsjettforslaget frå generalsekretæren fordelt pro rata over ministerråda sine budsjettrammer. Dessutan vart det i budsjettet for 2006 innarbeidd ein omprioriteringspost der ein ved å kutte ytterlegare 2 % jamt i budsjettpostane fekk avsett ca. 16 mill. DKK som primært vart fordelte til særskilde innsatsar i 2006 på forskings- og innovasjonsområdet, men òg til Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) og det språkpolitiske samarbeidet. I budsjettet for 2006 var det avsett om lag 9,5 mill. DKK til særskilde formannskapsinitiativ. Gjennom året har samarbeidsministrane fordelt midlar frå denne posten, i hovudsak etter innkomne forslag frå Noreg. Ein har lagt vekt på prosjekt som synleggjer og forsterkar dei prioriteringane Noreg la fram i sitt formannskapsprogram for 2006.
Budsjettdirektivet for 2007 vart vedteke av samarbeidsministrane 1. mars 2006, og det endelege budsjettet for 2007 vil bli vedteke i samband med sesjonen i Nordisk Råd i København 31. oktober–2. november 2006. I budsjettforslaget for 2007 er det innarbeidd eit beløp på 20,4 mill. DKK som skal gå til særleg prioriterte område (prioriteringspulja). Før budsjettforslaget blir handsama i sesjonen vil det bli drøfta i samråd med Nordisk Råd.
Ein annan svært viktig del av ansvarsområdet til samarbeidsministrane er sjølve strukturen i Nordisk Ministerråd. Som eit ledd i struktur- og moderniseringsarbeidet vart samarbeidsministrane i 2005 samde om å redusere talet på ministerråd frå 18 til 11, og ei rekkje fagområde vart omplasserte i strukturen med verknad frå 1. januar 2006. Avgjerda innebar at følgjande sju ministerråd vart nedlagde: Bygg og bustad, Transport, IT, Konsument, Narkotika, Energi og Regional. Viktige samarbeidsoppgåver på desse områda blir likevel varetekne på anna vis: Samarbeidet om næringspolitikk og energi- og regionalpolitikk blir samla i eit ministerråd for nærings-, energi- og regionalpolitikk. Narkotikaspørsmål blir først og fremst varetekne av ministerrådet for sosial og helse, men òg av ministerrådet for lovgjevingsspørsmål. Ansvaret for dei områda som låg under ministerråd som er nedlagde, blir i ein overgangsperiode lagde under samarbeidsministrane. For dette føremålet vart det oppretta ei såkalla strukturpulje på vel 7 mill. DKK. Med desse midlane kan Nordisk Ministerråd støtte viktige initiativ som ikkje er omfatta av den formelle ministerrådsstrukturen, til dømes det nordiske konsumentsamarbeidet som held fram på uformell basis. Formannskapen initierte i 2006 eit utgreiingsarbeid som ser på reformer i Ministerrådet sin budsjettprosess. Siktemålet er m.a. å få til større transparens og ein betre reiskap for det politiske nivået.
Ministerrådet sitt samarbeid med Nordvest-Russland og dei baltiske landa har vore eit diskusjonstema for samarbeidsministrane òg i 2005–2006. Grunnpremissane er at samarbeidet med Nordvest-Russland skal prioriterast, medan samarbeidet med dei baltiske landa skal ha karakter av ein fullt ut sidestilt partnarskap. Samarbeidsministrane vedtok i 2005 eit eige Russland-program som frå 1. januar 2006 vil fungere som hovudverktøy for det konkrete samarbeidet som både samarbeidsministrane og fagsektorane har med Nordvest-Russland. Innanfor ramma av Russland-programmet vedtok samarbeidsministrane på møtet 14. juni 2006 eit kunnskapsoppbyggings- og nettverksprogram med ei samla økonomisk ramme på 31 mill. DKK. Programmet er samla under fire overskrifter: offentleg forvaltning, forsking og utdanning, næringsliv og det sivile samfunnet (sjå òg 3.1).
Sidan 2003 har Ministerrådet sitt arktiske samarbeidsprogram vore eit eige program skilt frå nærområdeprogrammet. Eit nytt arktisk samarbeidsprogram for perioden 2006–2008 vart vedteke hausten 2005. Målsetjinga med programmet er å utvikle og betre livskvaliteten for befolkninga for å sikre busetnad i dei arktiske stroka i framtida, med særleg fokus på situasjonen til dei samiske og inuittiske folkegruppene. Det er i tillegg avgjort at det arktiske samarbeidsprogrammet for 2003–2005 skal evaluerast.
Oppfølginga av den nordiske strategien for berekraftig utvikling er samarbeidsministrane sitt ansvar. Dette er først og fremst ei tverrsektoriell koordineringsoppgåve der samarbeidsministrane baserer seg på den faglege kompetansen hos dei mange berørte fagdepartementa. Arbeidet blir tett samordna med det nasjonale arbeidet for berekraftig utvikling i Finansdepartementet. Strategien er no revidert for fireårsperioden 2005–2008. Den reviderte strategien har integrert dei sosiale og økonomiske dimensjonane ved berekraftig utvikling, og har slik eit meir heilskapleg perspektiv enn tidlegare. Eit tilhøyrande indikatorsett er etablert og revidert. Indikatorane set lys på likskapar og ulikskapar mellom dei nordiske landa langs ei rekkje viktige dimensjonar for ei berekraftig utvikling. Dei skal nyttast i arbeidet med oppfølginga av den nordiske strategien for berekraftig utvikling. Samarbeidsministrane har vedteke at det skal utførast ei evaluering av det nordiske arbeidet med berekraftig utvikling som kan vurdere dei resultata som er oppnådde og stake ut kursen for det framtidige arbeidet. Samarbeidsministrane understreka òg behovet for ei forenkling av arbeidet og for auka fokus på viktige område med utgangspunkt i nordisk nytte.
Samarbeidet for å redusere grensehindringane mellom dei nordiske landa er eit anna viktig område der samarbeidsministrane har koordinerande oppgåver. Kapittel 4 i stortingsmeldinga gjev ei utfyllande utgreiing om status i arbeidet med grensehindringar.
Etter initiativ frå den danske statsministeren har samarbeidsministrane bede generalsekretæren kartleggje stillinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet. Rapporten er no til vurdering i landa. Bakgrunnen for saka er at Færøyane sidan 2003 har søkt om sjølvstendig medlemskap i Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd.
Nordisk Råd har bede samarbeidsministrane om synspunkt på ei eventuell flytting av tidspunktet for sesjonen i Nordisk Råd. Spørsmålet om kor vidt formannskapsåret skal følgje kalenderåret har òg vore framme i diskusjonen. Frå norsk side har ein framført den meininga at tidspunktet for sesjonen og formannskapsåret bør liggje fast slik det er i dag.
5.3 Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål
Dei nordiske EU-medlemmene har medverka til å få gjennomslag for nordiske haldningar i Europa. Dette gjeld til dømes med omsyn til sosiale spørsmål, likestilling, krav til arbeidsmiljø, miljøvern og openheit og innsyn. Det er i felles nordisk interesse å styrkje denne utviklinga ytterlegare. Det nordiske samarbeidet inngår difor som eit viktig element i regjeringa sin europapolitikk. Det er ei prioritert oppgåve å styrkje dei kontaktane og den informasjonsutvekslinga som skjer gjennom det nordiske samarbeidet på eit breitt spekter av saksområde når det gjeld EU. Regjeringa vil, som det m.a. går fram av oppfølginga av ein europapolitisk plattform
medvirke aktivt til eit nært og fortruleg nordisk samarbeid om aktuelle europeiske spørsmål i framtida
medvirke konstruktivt i arbeidet med å utvikle felles nordiske standpunkt på område av særleg nordisk interesse – prioriterte område som barn og unge, matvaretryggleik og berekraftig utvikling, og til dømes energi, sysselsetjing, regionalt samarbeid og justispolitisk samarbeid
aktivt nytte bilaterale samband og nettverk mellom dei nordiske landa i regjeringa sin europapolitikk og når det gjeld globale utfordringar og multilateralt samarbeid der eit nordisk samarbeid kan bidra til større gjennomslag for norske haldningar og synspunkt
Dei nordiske EU-landa har ei rekkje felles interesser og synspunkt når det gjeld utviklinga i EU. Dette gjeld m.a. ønsket om å styrkje den rolla dei nasjonale parlamenta har i EU-samarbeidet, skape meir openheit i det lovgjevande arbeidet i Rådet og styrkje borgarane sine rettar. Ein styrkt nordisk profil innanfor EU vil tilføre EU-samarbeidet viktige impulsar. Noreg medverkar til dette innanfor ei nordisk ramme. EU- og EØS-utvidingane og det stadig tettare og meir omfattande samarbeidet i EU gjer det naturleg at europaspørsmål står heilt sentralt på den nordiske dagsordenen.
Det er svært viktig for Noreg å sikre at saker til behandling i EU og EØS som er av fellesnordisk betydning, blir drøfta i ei nordisk ramme på eit tidleg tidspunkt. I tillegg til å identifisere fellesinteresser er det òg viktig for å få retta merksemda mot saker der ein ikkje har samanfallande interesser.
Arbeidet med europaspørsmål i Nordisk Ministerråd konsentrerer seg om spørsmål der dei nordiske landa har felles interesser. Samarbeidet har i stor grad karakter av samråd og informasjonsutveksling. Europaspørsmål inngår som ein fast og viktig del av dagsordenane for dei nordiske stats- og utanriksministrane og på møte mellom dei nordiske fagministrane.
Dei nordiske statsministrane vart i oktober 2003 samde om nye samarbeidsformer for å styrkje koplinga mellom dei nordiske og baltiske EU-medlemmene (3+3) og Noreg/Island. Dette vart m.a. følgt opp på det nordiske utanriksministermøtet i mars 2004, der det vart avgjort at Noreg og Island når dei har trong for det, kan inkluderast i dei uformelle 3+3-møta som blir haldne før møte i EU-organet General Affairs and External Relations Council (GAERC).
To slike møte vart haldne i 2005. Siktemålet er at Noreg skal delta på slike møte hausten 2006.
For Noreg er kontakten med formannskapen i EU viktig. Nordiske EU-formannskapar, som den finske formannskapen hausten 2006, gjev oss særleg gode høve til å påverke agendaen i EU og skape merksemd om nordiske verdiar og prioriteringar.
Både statsministeren og utanriksministeren møtte sine finske kollegaer som påtroppande EU-formannskap sommaren 2006. Vidare vart ei rekkje norske statsrådar inviterte til uformelle ministermøte under den finske formannskapen.
Dialogen mellom dei nordiske hovudstadene, EU og dei nordiske EU-representasjonane/delegasjonane er god. Europaaktiviteten til Nordisk Ministerråd inneber òg samarbeid med EU-institusjonane i Brussel, EU-representasjonane/ delegasjonane, Europarådet, EFTA-sekretariatet og ei rekkje frivillige interesseorganisasjonar. For å styrkje kunnskapane om EU og Brussel-miljøet er det oppretta ei hospitantordning for tilsette i Nordisk Ministerråd og Nordisk Råd ved EU-representasjonane og -delegasjonane i Brussel. Generalsekretæren i Nordisk Ministerråd og direktøren for Nordisk Råd deltek på dei nordiske EU-ambassadørlunsjane ein gong i halvåret. På desse møta er samarbeid og informasjonsutveksling mellom dei nordiske hovudstadene, Nordisk Ministerråd i København og dei nordiske EU-representasjonane/delegasjonane eit fast punkt på dagsordenen.
Estland, Latvia og Litauen og sju andre land vart 1. mai 2004 nye medlemsland i EU og EØS. Utvidinga medverkar til å auke stabiliteten og velferda i heile Europa, men EU-medlemskap løyser ikkje alle dei problema dei nye medlemslanda står overfor. Det er difor svært viktig at dei nordiske landa vidarefører det tette samarbeidet og støttar desse medlemslanda, særleg dei baltiske landa. Det er naturleg at EU/EØS-saker blir ein sentral del av dagsordenen òg for det nordisk-baltiske samarbeidet. Dei nordiske landa har òg støtta utvidinga av NATO, som vil bringe ytterlegare stabilitet og tryggleik til Norden sine nærområde.
Under EØS-finansieringsordningar (den norske ordninga og EØS-ordninga finansiert av Noreg, Island og Liechtenstein) vil dei tre baltiske landa i perioden 2004–2009 få 154 mill. euro. Ordningane skal medvirke til ei økonomisk og sosial utjamning i Europa, og finansierer tiltak innan miljø, bevaring av kulturarv, helse, utdanning, regional utvikling og implementering av Schengen. Det er òg ei politisk målsetjing at ordningane skal medvirke til å styrkje dei bilaterale relasjonane Noreg har med dei baltiske landa og andre mottakarland ytterlegare.
Når det gjeld den nordlege dimensjonen i EU, er dette omtala for seg i kapittel 3.2.
Integreringa av Schengen-samarbeidet i EU fekk store verknader for dei nordiske landa. Avtalen mellom Noreg, Island og EU om institusjonelle løysingar for den norske og islandske deltakinga i Schengen-samarbeidet har gjort det mogeleg å oppretthalde den nordiske passunionen, og inneber at alle dei nordiske landa inngår i eit større europeisk reisefridomsområde. I fellesorganet, som er oppretta i samsvar med avtalen, møtest Noreg, Island og medlemslanda i EU for å drøfte gjennomføringa, bruken og vidareutviklinga av Schengen-regelverket. Alle EU-rettsakter som er relevante for Schengen-samarbeidet, skal behandlast i fellesorganet. EU-samarbeidet, òg på justis- og innanriksområdet, er stadig meir sektorovergripande. For Noreg er det difor ei særleg utfordring å sikre at Schengen-relevante problemstillingar framleis blir drøfta i fellesorganet.
I tillegg til samarbeidet mellom dei nordiske statane er det grensekryssande og interregionale samarbeidet mellom nordiske regionar òg svært tett. Dette kan ta form av tradisjonelle vennskapsavtalar, konkrete prosjektsamarbeid i Interreg-regi eller ved at dei deltek i multilaterale samarbeidsorganisasjonar som Austersjørådet og Barents-samarbeidet. Ofte finn samarbeidet stad innanfor ei EU-ramme, til dømes ved at det er knytt opp til EU-program. Program som Interreg medverkar til å møte utfordringar som best lèt seg løyse i samarbeid over landegrenser, anten dette er eit tosidig samarbeid over grenser eller det skjer gjennom transnasjonale prosjekt. Slik deltaking er ei kjelde til informasjons- og erfaringsutveksling for norske fylkeskommunar og kommunar, og gjer det samtidig mogeleg å knyte kontaktar med regionar og institusjonar i EU og i medlemslanda i EU. Det er viktig å sikre vidare deltaking i det framtidige territorielle samarbeidet i EU i perioden 2007–2013.
Dei nordiske landa har ei felles interesse i den politiske og økonomiske utviklinga i våre nærområde, òg utanfor dei nye EU-grensene. Difor stør vi opp om EU sin naboskapspolitikk ( European Neighbourhood Policy – ENP). Målsetjinga for ENP er å medverke til stabilitet og utvikling i EU sine naboland og motverke at det blir skapt nye skiljelinjer i Europa. Initiativet omfattar Ukraina, Moldova, Kviterussland og dei ti partnarlanda i EUs middelhavsdialog, i tillegg til Armenia, Aserbajdsjan og Georgia. Frå eit nordisk, og òg baltisk perspektiv er det samarbeidet med dei austlege nabolanda som veg tyngst. Grensekryssande samarbeid er òg ei prioritert oppgåve i EU sine nye naboskapsprogram. Desse programma er eitt av verkemidla i ENP. Det inneber m.a. ei samkøyring av dei eksisterande støtteordningane i EU. Det er forslag om at programma skal vidareførast som eit meir samordna nabolandsinstrument frå 2007. Nordisk Ministerråd prioriterer òg det grenseregionale samarbeidet i sitt program for nærområda, gjerne i samarbeid med EU.
At det nordiske samarbeidet i så stor grad er blitt ein del av eit breiare europeisk samarbeid, medfører naturleg nok at det nordiske samarbeidet er i stadig endring og vil krevje kontinuerleg merksemd med jamlege justeringar av den nordiske dagsordenen.
5.4 Barn og ungdom
Barn og unge er ei viktig målgruppe for det nordiske samarbeidet. Særleg aktuelt i 2006 er implementeringa av Nordisk Ministerråds nye strategi for barn og unge, dessutan skal den nye handlingsplanen til Nordisk barne- og ungdomskomité (NORBUK) setjast i verk.
Dei nordiske samarbeidsministrane (MR-SAM) vedtok 1. mars 2006 Nordisk Ministerråd sin nye strategi for barn og unge i Norden. I strategien blir det slege fast at alle sektorar har eit ansvar for å vareta eit barne- og ungdomsperspektiv der det blir rekna som relevant. Dei ulike sektorane si satsing på barn og ungdom står omtala i strategien. NORBUK skal rapportere årleg til samarbeidsministrane om Nordisk Ministerråd sin samla innsats på barne- og ungdomsområdet.
NORBUK er det rådgjevande og koordinerande organet til Nordisk Ministerråd i nordiske og internasjonale barne- og ungdomspolitiske spørsmål. Komiteen skal arbeide for å auke merksemda i Norden kring spørsmål som gjeld barn og ungdom. Komiteen sitt verkeområde omfattar alle sektorane i ministerrådet.
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i det nordiske barne- og ungdomspolitiske samarbeidet. NORBUK er sett saman ut frå «co-management»-prinsippet. Komiteen har representantar frå barne- og ungdomsorganisasjonane og dei departementa som har ansvar for ungdomsspørsmål i dei nordiske landa, representantar frå dei sjølvstyrte områda og ein samisk representant.
Dei nordiske samarbeidsministrane vedtok i mars 2006 NORBUKs nye handlingsplan for perioden 2006–2009. I planen blir det slege fast at NORBUK skal vere Nordisk Ministerråd sitt tverrsektorielle og koordinerande organ i barne- og ungdomspolitiske spørsmål. I tillegg skisserer handlingsplanen NORBUKs eigne prioriterte innsatsområde for perioden 2006–2008. Desse er: dei unge si eiga organisering og dei unge sitt nordiske samarbeid, nye metodar for dei unge si deltaking i demokratiske prosessar, mangfald, menneskerettar, internasjonalt barne- og ungdomspolitisk samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking.
Dei nordiske samarbeidsorganisasjonane får organisasjonsstøtte frå NORBUK, og barne- og ungdomsorganisasjonar og andre grupper av barn og ungdom kan søkje om støtte til nordisk samarbeid og prosjekt gjennom ei eiga tilskotsordning.
Eit viktig grunnlag for det nordiske samarbeidet på barne- og ungdomsområdet er innhenting av kunnskap og dokumentasjon. Ein forskingskoordinator tilsett av Nordisk Ministerråd, skal medverke til å utvikle ungdomspolitikken i Norden gjennom å formidle informasjon mellom forskarar, praktikarar og avgjerdstakarar, og gjennom å innhente kunnskap på aktuelle barne- og ungdomspolitiske område. Nordic Youth Research Information (NYRI) skal informere om ungdomsforsking i Norden.
5.5 Tverrfagleg miljøsamarbeid
Nordisk miljøstrategi for jord- og skogbruk (MJS)
«Nordisk miljøstrategi for jord- og skogbruk» er eit tverrsektorielt samarbeid mellom miljøstyresmaktene og jord- og skogbruksstyresmaktene i dei nordiske landa. Ei styringsgruppe (MJS) med representantar frå begge styresmaktene i kvart av landa kjem saman to gonger i året og gjer vedtak om nye prosjekt, diskuterer korleis resultata kan nyttast og fremjar forslag til nye prosjektinitiativ. MJS samarbeider med fleire andre grupper under Nordisk Ministerråd.
Verksemda til styringsgruppa er forankra både i handlingsprogrammet for det nordiske jord- og skogbrukssamarbeidet og i det nordiske miljøhandlingsprogrammet.
Styringsgruppa sitt arbeidsprogram for 2006 dekkjer desse hovudtemaa:
korleis jord- og skogbruket påverkar miljø og helse
korleis jord- og skogbruket påverkar vatn og eutrofiering
natur- og kulturmiljøverdiar i jord- og skogbruket
berekraftig næringsutvikling i jord- og skogbruket
Dei prosjekta som var i arbeid eller som vart sluttrapporterte i 2005, i tillegg til dei prosjekta som er initierte i 2006, er fordelte på dei fire hovudområda på denne måten: seks prosjekt under hovudtemaet miljø og helse, tre prosjekt under hovudtemaet vatn og eutrofiering, seks prosjekt under hovudtemaet natur- og kulturmiljøverdiar og seks prosjekt under hovudtemaet berekraftig næringsutvikling. Til saman ni rapportar vart publiserte i 2005.
MJS legg stor vekt på å få fram resultat frå prosjekta som er politisk og forvaltningsmessig interessante. Det blir heile tida utarbeidd samandrag med konkrete forslag frå avslutta prosjekt. Desse blir lagde fram for EK-M og NEJS, og blir i tillegg presenterte på heimesida til MJS.
Det har det siste året mellom anna vore stor aktivitet på området landskap, bygdeutvikling og miljø. Arbeidsgruppa NordFram hadde i 2005 eit innlegg om landskap og utvikling av landsbygda på landbruksministermøtet i Århus. Parallelt med arbeidet til NordFram vart òg rapporten frå prosjektet «Jordbruket som kulturbærer» (TN 05:576) lagd fram. I tillegg vart det innanfor prosjektet «Affornord» arrangert ein internasjonal konferanse på Island. Temaet var dei verknadene nyplanting av skog har på det biologiske mangfaldet og landskapet.
Dei siste åra har MJS engasjert seg meir og meir i bioenergi. I 2005 vart det halde eit nordisk seminar om bioenergi, og det er i tillegg initiert prosjekt om biogass og energiskog.
Miljø- og økonomigruppa
Det nordiske arbeidet på miljøøkonomiområdet blir vareteke av kontaktgruppa for miljøøkonomiske spørsmål. Dette er ei felles arbeidsgruppe under EK-Miljø og EK-Finans. Gruppa set på eige initiativ og på oppdrag frå Nordisk Ministerråd i verk utgreiingar i skjeringsflata mellom miljø og økonomi. Det blir lagt særleg vekt på økonomiske verkemiddel og kostnadseffektive løysingar på nordiske og internasjonale miljøproblem. Gruppa har i 2005 avslutta tre større prosjekt. For det første er det gjeve ut to rapportar frå eit prosjekt om økonomiske verkemiddel for å fråkople miljøbelastning og økonomisk vekst. For det andre er den tredje og avsluttande rapporten i eit prosjekt om verkemiddel for å forvalte det biologiske mangfaldet i skog og våtmark i Norden utgjeven. Dette prosjektet er presentert både i partsmøtet for konvensjonen om biologisk mangfald i Curitiba i Brasil, og i miljøøkonomigruppa i EU (ENVECO). For det tredje er ein rapport om bruken av økonomiske verkemiddel i dei nordiske landa gjort ferdig. Dette er ein rapport gruppa gjev ut om lag kvart tredje år. Denne nyaste rapporten dekkjer for første gong dei tre baltiske landa òg. Gruppa avsluttar i 2006 eit prosjekt, i samarbeid med klima- og energigruppa, om handel med utsleppskvoter for klimagassar sett i forhold til andre verkemiddel i dei nordiske landa, og arbeider vidare med prosjekt m.a. om økonomisk verdsetjing av miljøgode og om makroøkonomiske analysar på miljøområdet. Gruppa fungerer som eit nettverk for miljøøkonomisk kompetanse i Norden med særleg vekt på å utveksle erfaringar og synspunkt på bruken av økonomiske verkemiddel. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar, og gjer det òg til ein viss grad mogeleg for dei nordiske landa å koordinere førebuinga til internasjonale møte, særleg i miljøøkonomigruppa i EU (ENVECO).
Energi og miljø
Energidimensjonen i klimapolitikken har lenge vore eit viktig tema for Nordisk Ministerråd, og er eit samarbeid mellom energisektoren og miljøsektoren med det føremål å utnytte synergien som ligg i samspelet mellom globale klimapolitiske utfordringar og energipolitiske utfordringar. Samarbeidet er mellom anna blitt utvikla gjennom den tverrsektorielle Klimagruppa.
Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation, og underteikna i 2003 ein avtale om å etablere Austersjøregionen som eit forsøksområde for bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Som ei oppfølging av avtalen vart det oppretta eit investeringsfond for felles gjennomføring av prosjekt i regionen. Fondet var opphavleg på 15 mill. euro, finansiert av dei nordiske landa og Tyskland. Ein ny teikningsrunde vart avslutta i mars 2006, der det vart opna for private investorar. Kapitalen i fondet vart utvida til 32,5 mill. euro. Noreg sin del i fondet er 2,3 mill. euro, som etter den nye teikningsrunden utgjer ca. 7 % av fondet totalt. Frå 2006 har forvaltaren av fondet òg fått fullmakt til å vurdere prosjekt i Ukraina. Eit viktig mål med fondet er å stimulere til at felles gjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøområdet blir realiserte. Fondet vil bli evaluert i 2007.
Andre vesentlege tema har vore den vidare utviklinga og implementeringa av ein europeisk marknad for handel med utsleppskvotar sett frå ein nordisk synsstad, mellom anna med fokus på dei konsekvensane kvotedirektivet vil ha for kraftmarknaden. Våren 2006 vart det halde eit arbeidsseminar om erfaringar med kvotemarknaden i EU, basert på to prosjekt som Klimagruppa avslutta i 2006.
Gruppa har dei siste åra hatt auka fokus på arbeidet med å utforme framtidige, globale klimaavtalar etter den første tilsegnsperioden i Kyotoprotokollen (2008–2012). Basert på EU-målsetjinga er det i 2006 starta opp eit prosjekt som vurderer føresetnadene og utsiktene for å kunne redusere klimagassutsleppa i dei nordiske landa med 60–80 prosent innan 2050. I 2006 skal det òg vurderast kor sårbar Norden er når det gjeld klimaendringar, og korleis klimaendringar kan påverke energiproduksjon og energiforbruk.
Nordisk genressursråd
Nordisk genressursråd er eit tverrsektorielt organ som behandlar strategiske og politiske spørsmål knytte til genetiske ressursar. Rådet rapporterer til ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (M-FJLS) og ministerrådet for miljø (M-Miljø) via dei respektive embetsmannskomiteane.
Verksemda i 2005 har vore retta mot oppfølginga av ministererklæringa om tilgang og rettar til genetiske ressursar (Kalmarerklæringa), særleg når det gjeld nasjonal oppfølging og informasjonsutveksling på det internasjonale planet. Vidare har verksemda til NGR fokusert på oppfølging av Nordisk Råd si tilråding 16/2003 om sameksistens mellom konvensjonelle og genmodifiserte plantar. Det har blitt arrangert eit seminar om dette temaet.
Det har òg vore eit samarbeid med MiFi om genetiske ressursar i fiskeartar som er nytta kommersielt.
NGR har fått midlar til å arrangere eit arbeidsseminar for brukarar av genressursar i Norden. Dette er ei direkte oppfølging av dei såkalla Bonn Guidelines som vart vedtekne av det 6. partsmøtet for FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Målsetjinga med arbeidsseminaret vil vere å orientere brukarar av genressursar (universitet, botaniske hagar, industrien m.m.) om internasjonale plikter på området.
Indikatorar for genetiske ressursar er blitt kartlagde, og ei oppfølging av denne kartlegginga er blitt drøfta i 2005. Diskusjonen held fram i 2006 som eit løpande tema i rådet sitt arbeid. Denne verksemda er ei oppfølging av tilrådingane i indikatorrapporten i BU-strategien.
Nordisk genressursråd har òg fokusert på å spreie informasjon om det nordiske genressursarbeidet gjennom m.a. å arrangere «side events» på det 8. partsmøtet for CBD i Curitiba i Brasil i mars 2006.
I 2006 vil det bli sett i gang eit prosjekt som skal sjå nærare på dei rettslege rammene for utveksling av husdyrgenetiske ressursar. Dette er ei direkte oppfølging av Kalmarerklæringa. I samråd med Nordisk genbank er det sett i gang eit arbeid for å utforme ein GMO-policy for handtering av GMO-materiale i genbanken.
I tråd med tidlegare vedtak har direktørane for dei nordiske genbankane, Bent Skovmand frå Nordisk genbank og Erling Fimland frå Nordisk genbank for husdyr, delteke på møta i NGR. Dette har tilført diskusjonane og informasjonsutvekslinga ein klar meirverdi.
I 2006 vil det bli gjennomført ei reorganisering av det nordiske genressursarbeidet. Det er føreslege at Nordisk genressursråd skal erstattast av ein nordisk genressurskomité som vil vidareføre rådet sitt mandat. Den norske formannskapen og NMR-sekretariatet leier dette arbeidet.
Nordisk miljø- og fiskeristrategi
Nordisk miljø- og fiskeristrategi er eit tverrsektorielt samarbeid mellom miljø- og fiskeristyresmaktene i dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. Det er oppretta ei styringsgruppe som skal arbeide for å oppnå måla i dei nordiske strategiane for berekraftig utvikling, miljøhandlingsprogrammet, fiskeristrategien m.m. Gjennom prosjektretta verksemd skal styringsgruppa arbeide for å påverke politiske prosessar både når det gjeld utvikling av regelverk og faktisk implementering av tiltak både nasjonalt og internasjonalt, med fokus på område der nordisk samarbeid kan gje særleg nytte. Siktemålet er å få fiskerisektoren til å ta meir omsyn til miljøet og å sikre eit godt havmiljø som basis for det biologiske mangfaldet og dermed grunnlaget for berekraftig fiske, fangst og havbruk.
Arbeidet i styringsgruppa har for tida særleg fokus på områda marint biologisk mangfald, forvaltning av havområde og fiskeri og akvakultur. Mellom anna er informasjonsutveksling og nettverksbygging i samband med EU sin politikk og relevante EU-direktiv på området eit nyttig samarbeidsfelt for Noreg. I denne samanhengen arbeider MiFi med prosjektverksemd knytt til EU sitt rammedirektiv for vatn og EU sin marine strategi.
Samarbeid mellom miljøsektoren, forbrukarsektoren og næringssektoren om integrert produktpolitikk (NMR-IPP).
Gruppa for ein integrert produktpolitikk er oppretta som eit nordisk samarbeidsorgan mellom miljøsektoren, forbrukarsektoren og næringssektoren under Nordisk Ministerråd. Gruppa arbeider mot mål som har felles relevans for dei tre sektorane, og ho skal medverke til å gjennomføre den nordiske strategien for berekraftig utvikling, med særleg vekt på kapitlet om berekraftig produksjon og forbruk. Frå 2005 har gruppa lagt vekt på fagfelta miljøteknologi, miljøinformasjon og berekraftig livsstil, i tillegg til miljøbevisste offentlege innkjøp. Frå Noreg er det berre miljøsektoren og forbrukarsektoren som deltek i gruppa. Det formelle nordiske samarbeidet om forbrukarpolitikk er nedlagt frå 2006. NMR-IPP-gruppa sitt vidare arbeid er difor under vurdering.
Berekraftig produksjon og forbruk inneber å fråkople økonomisk vekst frå miljøbelastning. Det er sentralt med utvikling og innovasjon i miljøteknologien for å få dette til. Ny miljøteknologi vil gje gevinstar for miljøet og kan føre til økonomisk vekst og auka sysselsetjing. På mange område er dei nordiske landa i front med ny miljøteknologi. Dette gjeld m.a. innan skipsteknologi, energileiing, miljøvennlege bygg, sol- og vindenergi. NMR-IPP-gruppa arbeider for å fremje miljøteknologi i dei nordiske landa og å utveksle erfaringar om bruk av verkemiddel. Gruppa si største satsing i 2005 har vore å førebu eit prosjekt om «grøne marknader og reinare teknologiar». Prosjektet skal analysere tre relevante eksempel (papir og masse, elektriske verktøy og energieffektive bygg) for å identifisere kva for politikk, innovasjonsprosessar og innovasjonssystem som har gjeve ei effektiv implementering, spreiing og marknadsføring av miljøteknologiar. NMR-IPP-gruppa har òg innleidd eit samarbeid med Nordisk InnovasjonsCenter (NICe) om miljøteknologi. NICe vil frå 2006 bruke 10 mill. NOK på å fremje eksport av nordisk miljøteknologi. NMR-IPP-gruppa planlegg òg eit nærare nordisk samarbeid med EU sitt handlingsprogram for miljøteknologi (ETAP).
Miljøinformasjon knytt til produkt og verksemder er viktig for å gjere det mogeleg for forbrukarane å ta miljøbevisste val, og for å fremje ny miljøteknologi på marknadene. Gjennom den nordiske miljømerkeordninga Svana har m.a. Nordisk Ministerråd lagt grunnlaget for god og påliteleg miljøinformasjon til nordiske forbrukarar. NMR-IPP-gruppa samarbeider for å vidareutvikle dette politikkområdet. I 2005 er det m.a. utgjeve ei handbok om miljøkommunikasjon til forbrukarar.
Miljøbevisste innkjøp i offentleg sektor kan fremje miljøinformasjon og miljøvennlege produkt og teknologi på marknaden, noko som kan komme forbrukarar og heile samfunnet til gode. Nye studiar i EU viser at dei nordiske landa ligg relativt langt framme med å stille miljøkrav ved offentlege innkjøp. I 2005 har NMR-IPP-gruppa utarbeidd brosjyrar om miljøbevisste offentlege innkjøp til leiarar og innkjøparar i offentlege verksemder. Det er sett i gang eit pilotprosjekt for å utvikle eit felles nordisk format for miljøkriterium til bruk for offentlege innkjøparar. Målet er å effektivisere og styrkje dette arbeidet i dei nordiske landa. NMR-IPP-gruppa har òg teke initiativ til ein internasjonal rundebordskonferanse om miljøbevisste offentlege innkjøp som vil finne stad i Hamar hausten 2006.
Nordisk kulturminneforvaltning
Samarbeidet blir utøvd mellom dei sentrale fagstyresmaktene på direktoratsnivå i dei fem nordiske landa, og er ikkje organisert under Nordisk Ministerråd. Arbeidet blir vidareført gjennom eit etablert nettverk av faste samarbeidskoordinatorar, og det blir gjennomført årlege møte mellom dei nordiske etatsleiarane. Denne arbeidsforma gjev nyttig erfaringsutveksling mellom kulturminneforvaltningane i dei nordiske landa, og byr på høve til konkret samarbeid om tilknytte problem. Nordisk Ministerråd har i 2006 fått observatørstatus i Kulturarvkomiteen i Europarådet (CD-PAT).
Kulturminneforvaltninga under embetsmannskomiteen for miljø
Fagfeltet er delvis innarbeidd i det nye nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2005–2008 og i den reviderte strategien for berekraftig utvikling – «Ein ny kurs for Norden». Frå norsk side har det blitt arbeidd for å få kulturminne og kulturmiljø innarbeidd som tema på linje med dei andre miljøtemaa i dei overordna strategiane og handlingsprogramma i NMR. Særleg gruppa for natur, friluftsliv og kulturmiljø (NFK-gruppa), men òg styringsgruppa for ein miljøstrategi for jord- og skogbruk, prøver å integrere kulturminne, og fremjar dette gjennom sine satsingar og planar for verksemda. NFK-gruppa vil halde fram med arbeidet med å initiere kulturminne- og kulturmiljøprosjekt og styrkje samarbeidet med NGO-ane på kulturminnefeltet.
Planlegging som verktøy for berekraftig utvikling i Norden
Den fysisk-funksjonelle planlegginga er eit viktig samordnande verktøy for å integrere miljømessige, økonomiske og sosiale omsyn i sektorpolitikken, og dermed for ei meir berekraftig samfunnsutvikling. Handlingsprogrammet «Planläggning som instrument för hållbar utveckling i Norden – handlingsprogram 2001–2004» vart godkjend av planministrane hausten 2001.
Aktivitetane i handlingsprogrammet er gjennomførte og resultata rapporterte til planministrane våren 2004. Med bakgrunn i rapporteringa vedtok planministrane å forlengje handlingsprogramperioden t.o.m. 2006 for å vidareføre det nordiske plansamarbeidet, særleg med fokus på byutvikling. Desse temaa vil bli tekne opp:
berekraftig forvaltning av byar
funksjonelle byregionar
miljø og kultur som drivkraft i byutvikling
Gjennomføringa skjer gjennom ein serie seminar der erfaringar og eksempel frå kvart av dei nordiske landa blir presenterte og samanstilte. Arbeidet blir avslutta med ein oppsummeringsrapport hausten 2006.
Iverksetjing av den europeiske landskapskonvensjonen
Den europeiske landskapskonvensjonen tok til å gjelde 1. mars 2004. Noreg, Danmark og Finland har no ratifisert avtalen, og Sverige har sett i gang arbeidet med å greie ut korleis landskapskonvensjonen kan innførast i Sverige.
Miljøvernministrane vedtok på møte i februar 2003 at embetsmannskomiteen for miljø skal drive det nordiske samarbeidet om konvensjonen vidare. Det vart òg peika på at det er viktig at ein gjennom det nordiske samarbeidet medverkar til å fremje implementeringa og utviklinga av landskapskonvensjonen og til å få konvensjonen sett i kraft. Etter at Noreg arrangerte det første nordiske seminaret om landskapskonvensjonen i 2004, blir det no planlagt eit oppfølgingsseminar i Sverige i 2006/2007. Tema vil vere korleis landskapskonvensjonen kan implementerast gjennom nasjonal, regional og lokal politikk og planlegging i dei nordiske landa. Det blir lagt vekt på at dette krev tverrfagleg samarbeid og utfordrar samhandlinga mellom forsking og forvaltning. Nordisk planstyresmaktsmøte fungerer som eit nettverk for det nordiske samarbeidet om landskapskonvensjonen.
Bærekraftig mobilitet
I 2001 vart det oppretta ei eiga temagruppe for berekraftig mobilitet under NMR. Temagruppa har arbeidd med problemstillingar om korleis miljøomsyn kan integrerast på ein betre måte i transportpolitikken. Aktivitetar med resultat som kan nyttast i resten av det internasjonale arbeidet i dei nordiske landa, vart prioritert.
I 2005 vart følgjande rapportar/prosjekt ferdigstilte:
Mobility management in the Nordic Countries (TemaNord 2005:539)
Cost-benefit analyses of Cycling (TemaNord 2005:556)
A nordic perspective on noise reduction at the source (TØI-rapport 806/2005)
Betalingsveje i Norden – en oversigt (COWI-rapport, juni 2005)
Environmental friendly vehicles – experiences, definitions («pre-report» aug. 2005)
Environmental policy integration in Nordic transport policies (forprosjekt)
I samband med omorganiseringa av NMR hausten 2005 vart temagruppa for berekraftig mobilitet avvikla. Vidare samarbeid vil skje på frivillig basis utan økonomisk støtte frå NMR.
5.6 Frivillig sektor
Det er ein lang tradisjon for samarbeid og nettverk mellom dei nordiske landa på området frivillig sektor, mellom frivillige organisasjonar med felles føremål, mellom forskingsmiljø og mellom det offentlege og organisasjonane.
Samarbeidet mellom styresmakter og frivillig sektor har i Noreg og Norden vore sektorbasert. Noreg samordna i 2005 den statlege frivilligpolitikken då Kultur- og kyrkjedepartementet fekk eit koordinerande ansvar for frivillig sektor. Det kunne vere interessant å vidareutvikle samarbeidet i dei nordiske landa med tanke på å samordne spørsmål og utfordringar knytte til kva frivillig sektor bidreg med i den nordiske velferdsmodellen og kva verdi sektoren har for denne modellen.
For å auke kunnskapen om frivillig sektor i eit nordisk perspektiv bør ein sjå på om det lèt seg gjere å vidareutvikle felles forsking på området. Frivillig sektor har eit vesentleg omfang og spelar ei viktig rolle i dei nordiske landa. Det er små og få forskingsmiljø i dei nordiske landa som driv forsking om det sivile samfunnet og frivillige organisasjonar. Ein felles innsats vil kunne medverke til eit breiare perspektiv og synleggjere og auke forståinga for sektoren sitt bidrag til den nordiske velferdsmodellen.
Frivilligsentralar er ein modell for å organisere den lokale frivillige innsatsen som er å finne i Danmark, Sverige, Finland og Noreg. Det er i nordisk samanheng teke initiativ til å utarbeide eit informasjons- og diskusjonsmateriale om arbeidet på frivilligsentralane i dei nordiske landa. Noreg ved Kultur- og kyrkjedepartementet har invitert til eit nordisk nettverksmøte i samband med ein av fire regionkonferansar for frivilligsentralar. Tema for det nordiske nettverksmøtet vil vere gjensidig informasjonsutveksling og ei drøfting om vidare oppfølging. Når det gjeld samarbeid og innsats i Nordvest-Russland, har det frå norsk side vore eit konkret samarbeidsprosjekt om etablering av frivilligsentralar i Russland. Frivilligsentralar er først og fremst ein modell for å organisere og rekruttere til lokalt frivillig arbeid. Modellen vart først utprøvd i to kommunar som eit forsøksprosjekt. I dag er åtte frivilligsentralar i drift i Nordvest-Russland. Norsk Folkehjelp har vore og er ein pådrivar i arbeidet. Å vidareutvikle kontakt og nettverk mellom dei norske og russiske frivilligsentralane har vore ein del av strategien for samarbeidet.
5.7 Nordisk oppfølging av strategi for universell utforming
Dei nordiske landa vil rette auka merksemd mot å skape eit tilgjengeleg samfunn for alle uavhengig av alder og funksjonsnivå. Handlingsprogram for «design for alle» vart vedteke av Nordisk Ministerråd i Reykjavik 25.–27. oktober 2005.
Handlingsprogrammet inneheld 17 tiltak fordelte på desse områda: ein overordna strategi, informasjon og tilkomst til nordiske institusjonar. Nordisk Råd godkjende handlingsprogrammet. Den overordna strategien inneber mellom anna at ein skal etablere perspektivet «universell utforming / design for alle» på alle nivå i Nordisk Ministerråd.
Universell utforming er ein langsiktig strategi for å endre samfunnet mot eit ope og inkluderande samfunn.
Eit slikt samfunn blir skapt gjennom generelle tiltak og som ein naturleg del av produktdesign, arkitektur, samfunnsplanlegging og service. Arbeidet med universell utforming set fokus på å prøve å få til løysingar som er tilgjengelege for så mange som råd er, for å minske behovet for spesielle løysingar og tilpassingar i ettertid. Brei medverknad i planlegginga og gjennomføringa av tiltak innanfor transport, bygg, uteområde og IKT er nødvendig for å oppnå dette. Universell utforming er viktig for demokratiutviklinga ved å leggje vekt på likeverdige sjansar til å få informasjon og kunne vere aktiv i samfunnet. Dette er viktige verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Universell utforming byggjer òg opp om ulike aspekt ved berekraftig utvikling.
I samband med det norske formannskapsåret i 2006 er universell utforming prioritert som ei viktig side ved den nordiske velferdsmodellen. Det er frå norsk side teke initiativ til ei rekkje prosjekt for å fremje det nordiske samarbeidet som er knytt til universell utforming. Prosjekta rører òg ved nabostatane, og blir finansierte av den norske regjeringa og NMR. Av tiltaka kan nemnast: nordisk opplæring og utdanning i universell utforming, demokrati for alle, nordisk-baltisk seminar om universell utforming som nasjonal strategi, nordisk arbeidsseminar om tilgjenge og sosial berekraft.
I tillegg til desse tiltaka er ytterlegare fire prosjekt om universell utforming lagde fram for NMR. Dei tek opp desse temaa: byplanlegging for alle, kulturhistoriske miljø, universell utforming i landskapskonvensjonen og konsekvensutgreiingar i planlegging.