St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

6 Fagleg samarbeid

6.1 Kultur

Det nordiske kultursamarbeidet er under omforming. Ein tid- og arbeidskrevjande prosess har prega kultursektoren i 2005 og 2006. Målet er eit fornya og forbetra nordisk kultursamarbeid. I 2003 tok dei nordiske kulturministrane initiativ til å reformere det nordiske kultursamarbeidet med sikte på ein struktur som er betre tilpassa dagens behov og forventningar når det gjeld eit moderne nordisk kultursamarbeid. Ei arbeidsgruppe nedsett av Nordisk Ministerråd arbeidde fram eit forslag til ny struktur for det fellesnordiske kulturområdet. MR-K gjorde i juni 2005 eit prinsippvedtak om ny struktur, som vart følgt opp med ei endeleg avgjerd i oktober 2005. Den nye strukturen trer i kraft 1. januar 2007. Verksemda på kulturområdet i 2006, som vil vere eit overgangsår, er prega av førebuingar med sikte på avvikling av den gamle strukturen og oppbygging av den nye. Formannskapen, i samarbeid med sekretariatet i Nordisk Ministerråd, har ei sentral rolle i arbeidet med å leggje til rette for innføringa av den nye strukturen. Det har vore ført ein brei dialog med dei aktuelle nordiske institusjonane, komiteane og samarbeidsorgana og med Nordisk Råd. Det har òg vore halde nasjonale dialogmøte med kultursektoren. Den nye strukturen skal innrettast slik at han er enkel og brukarvennleg.

Strukturreforma inneber at ein går frå ein sektorbasert struktur til ein struktur basert på tidsbundne, tematiserte program. Dei såkalla samarbeidsorgana – styringsgruppene for mediesaker, barn og unge og kulturprosjekt i utlandet – er nedlagde frå 1. januar 2006. Policy-funksjonane til samarbeidsorgana vil bli varetekne i den nye strukturen. Dei kunst- og kulturfaglege komiteane Nordbok, Nordscen, NIFCA, NOMUS og Nordisk museumskomité vert nedlagde frå 1. januar 2007. Dei nordiske husa og institutta på Island, Færøyane, Grønland, Åland og i Finland vil bestå. Husa og institutta fungerer som hjørnesteinar i kultur­samarbeidet. Som ledd i arbeidet med reforma inngår ei vurdering av kva for nye oppgåver desse kulturinstitusjonane kan tilførast.

Arbeidet med strukturreforma involverer mange aktørar, og ulike arbeidsgrupper og policy-grupper er nedsette for å handtere dei mange prosessane som skal føre til at den nye strukturen skal vere på plass 1. januar 2007. Det blir arbeidd målretta og aktivt med utvikling av nye program. Dette gjeld både innhaldet i programma og forvaltninga av dei. Nordisk dataspelprogram vart etablert 1. januar 2006, jf. omtale av mediesamarbeidet nedanfor. Eit breitt program for mobilitets- og residensverksemd er under utvikling, og skal starte opp hausten 2006. Det vert lagt opp til eit fleksibelt program der tyngdepunkt og satsingsområde kan prioriterast etter som det oppstår nye behov eller nye innretningar i det nordiske kunst- og kultursamarbeidet. Dette programmet vil kunne overta ein stor del av dei mobilitetsfunksjonane som kunstkomiteane har teke hand om. Programmet vil ha tre hovudmodular: mobilitetsstøtte til personar, til nettverk og til samarbeidssirkelen for kunstnarresidensane. Nordisk kunstnarsenter, Dalsåsen, som blir nedlagt som nordisk institusjon, vil inngå i det nye programmet. Eit program for støtte til kunstsamarbeidet er òg under utvikling. Ei arbeidsgruppe med deltaking frå alle nordiske land og sjølvstyrte område, som representerer ulike delar av kultursektoren, la fram rapport med forslag til innretning av eit «kunstprogram». Til grunn for forslaga frå arbeidsgruppa ligg m.a. «testamenta» frå kunstkomiteane. Det vil vere naturleg å sjå ei kopling mellom mobilitetsprogrammet og programmet for støtte til kunstsamarbeid. Den vidare utviklinga av kunstprogrammet skjer i samråd og samarbeid med kunst- og kulturfeltet i Norden. Det er òg sett ned ei policy-gruppe, under leiing av den norske formannskapen, som skal vurdere dei sjølvstyrte områda og den særlege situasjonen dei står i med omsyn til den nye strukturen.

Nordisk kulturforum, som skal vere eit bindeledd mellom og dialogverktøy for kulturfeltet i Norden og Nordisk Ministerråd, vart arrangert for første gong i februar 2006. Kulturforumet samla deltakarar frå eit breitt spekter av kulturfeltet i Norden, og hovudpunktet på dagsordenen var strukturreforma.

Parallelt med reformprosessen blir det arbeidd med ein handlingsplan for det nordiske kultur- og mediesamarbeidet for 2007–2009. Planen skal behandlast av kulturministrane hausten 2006. Eit sentralt mål for kultur- og mediesamarbeidet i dei kommande åra vil vere å konsolidere den nye strukturen og sjå til at han fungerer på ein tenleg måte og støttar dei måla kulturministrane har sett for samarbeidet.

Mediesamarbeidet

Nordisk Ministerråd arbeider for eit nordisk samarbeid på det mediepolitiske området både i Norden og i høve til internasjonale organ og institusjonar. Samarbeidet går først og fremst ut på informasjonsformidling og erfaringsutveksling om medieutviklinga i Norden og internasjonalt, og på å gjennomføre fellesnordiske initiativ på områda film og medium. Målet er å styrkje og utvikle det nordiske samarbeidet på film- og medieområdet. Dette gjeld òg i forholdet til EU ettersom mange av spørsmåla på området film og medium i dei nordiske landa er aktuelle spørsmål som blir behandla i EU-samanheng. Eit strategisk satsingsområde er utvikling av dataspel for barn og unge. Programmet, som blir igangsett i 2006, skal sikre tilgangen til kvalitetsmateriale med eit tydeleg nordisk innslag når det gjeld dataspel for barn og unge. Den første fasen (2006–2008) etablerer programmet og basisverksemda. Dette omfattar stadig «overvaking» av tilsvarande verksemd utanfor Norden og innanfor andre medium. Andre prioriterte område er diskusjon av allmennkringkasting i dei nordiske landa, digitalisering og mediekonvergens, interaktive og nye medium og å sikre kvalitetsproduksjon for barn og unge innanfor film og medium generelt. På mediefeltet får reforma mindre å seie. Nordisk film- og TV-fond og Nordicom blir vidareførte. Kursverksemda ved Nordisk Journalistcenter blir vidareført med endra forvaltning av verksemda. Styringsgruppa for medium er nedlagd frå og med 1. januar 2006. Policy-funksjonane til styringsgruppa vil bli varetekne i den nye strukturen.

Idrettssamarbeidet

Dei nordiske ministrane med ansvar for idrett skreiv under ein idrettsavtale i 2003. Avtalen byggjer på ein tidlegare avtale om idrettssamarbeid frå 1994.

Det er nært samarbeid mellom styresmaktene innanfor idrettssektoren i Norden. Det blir halde eit fellesnordisk møte kvart halvår med nordiske embetsmenn i departementa med ansvar for idrett. Dei nordiske idrettsorganisasjonane deltek som observatørar på annakvart møte. Samarbeidet omfattar primært gjensidig orientering og utveksling av informasjon, men òg drøfting av konkrete saker med sikte på fellesnordiske standpunkt i internasjonale idrettsspørsmål.

Det vert lagt vekt på å styrkje og utvikle den nordiske dimensjonen i idrett. Sentrale mål i denne samanhengen er idrett for alle, vektlegging av etiske grunnprinsipp og retten til å delta ut frå dei føresetnader enkeltindividet har. Kvart år blir det arrangert ein nordisk anleggskonferanse med deltaking frå styresmaktene og idretten. På konferansen blir det informert og orientert om utbygginga av idrettsanlegg i kvart land.

Ministerrådet har for 2006 løyvd 1 253 000 DKK til nordisk idrettssamarbeid. Hovudføremålet med løyvinga er å støtte idrettssamarbeidet mellom Grønland, Island og Færøyane og mellom dei vestnordiske landa og Norden elles ved å gjere det lettare for barn og unge å delta i idrettsstemne og idrettsarrangement. Nordisk skuleidrett og samisk idrett får òg sin del av desse midlane.

Det går føre seg ei kartlegging av nordisk-baltisk idrettssamarbeid og av nordisk og baltisk forsking og forskingssamarbeid, med særleg fokus på kva idrett og fysisk aktivitet har å seie i eit integreringsperspektiv.

Nordisk kulturfond

Nordisk kulturfond har som oppgåve å fremje kultursamarbeidet mellom dei nordiske landa gjennom å løyve tilskot til samarbeidsprosjekt innan allmennkultur, kunst, utdanning og forsking. Verksemda i fondet baserer seg på ein eigen avtale mellom dei nordiske landa som vart inngått i 1966. Prioriterte område er mellom anna prosjekt for og med barn og ungdom, prosjekt som fremjar nordisk språkforståing, prosjekt som fremjar bruk av nye medium, prosjekt som tek sikte på å minske framandhat og rasisme, prosjekt som blir initierte av frivillig sektor, tverrsektorielle prosjekt og prosjekt som blir gjennomførte utanfor hovudstadsregionane. Òg prosjekt som stimulerer til auka kunnskap om Nordens historie og framveksten av nye tradisjonar og den kulturarven samtida formar, har høg prioritet. I 2005 vart den første utstillinga i nysatsinga Årets nordiske utstilling opna. Utstillinga blir vist i dei nordiske hovudstadene, og har som tema Norden–Kongo. I 2007 planlegg fondet å gjennomføre ein konferanse om temaet kultur og helse og ein konferanse om kva frivillig sektor kan gjere for å utvikle det nordiske samarbeidet. Årets nordiske utstilling for perioden 2007–2009 er eit samarbeid mellom 11 museum på Nordkalotten. Temaet er «lyse netter og mørke dagar», og det skal handle om korleis lyset og mørkret påverkar livet på Nordkalotten. Fondet har sett i gang eit arbeid med sikte på å effektivisere søknads- og vedtaksprosedyrane. Som følgje av omstruktureringa av kultursektoren i Ministerrådet vil Nordisk kulturfond og Nordisk Ministerråd avklare arbeidsdelinga seg imellom.

6.2 Utdanning og forsking

Det norske sektorprogrammet for formannskapen 2006, «Kunnskap, fornying og verdiskaping», følgjer opp strategiplanen «Norden som føregangsregion i utvikling av menneskelege ressursar 2005–2007». Sektorprogrammet og strategien dannar grunnlaget for det nordiske utdannings- og forskingssamarbeidet, som er organisert rundt møte mellom ministrane, møte i embetsmannskomiteen og det arbeidet som går føre seg i regi av styringsgruppene (rådgjevingsgruppene) under MRU.

Styringsgruppene har i 2006 hatt følgjande hovudprioriteringar for arbeidet på dei respektive områda:

Styringsgruppa for nordisk skulesamarbeid (NSS) har satsing på kvalitet i grunnopplæringa, inkludert yrkesopplæringa, mobilitet og nettverksarbeid og auka samarbeid med nærområda i nord som hovudpilarar i arbeidet i 2006. NSS har særleg fokus på tiltak knytte til korleis jenter og gutar meistrar lesing, skriving og matematikk. Ein felles nordisk forskingsrapport på basis av PISA-resultata frå 2003 vart publisert i mai 2006 i tilknyting til konferansen «PISA i eit nordisk lys». Ei kartlegging av lærarutdanninga med tanke på lese- og skriveopplæring ligg føre hausten 2006, i tillegg til ein rapport om forsking knytt til desse temaa. NSS har òg eit spesielt fokus på yrkesopplæringa, og arbeider med å leggje betre til rette for samarbeid om kvalitetsutvikling, mobilitet og godkjenningsordningar. Hausten 2006 blir det arrangert eit seminar for å vurdere mogeleg samarbeid om utdanningsspørsmål med Nordvest-Russland.

Samarbeid om vaksenlæring, i regi av styringsgruppa for vaksenlæring (SVL), har i samsvar med prinsippet om livslang læring medverka til å fremje kunnskap og kompetanse hos vaksne som grunnlag for personleg utvikling og vidare utvikling av arbeids- og samfunnsliv. Målet er auka sysselsetjing, verdiskaping og demokratisk deltaking. SVL har ansvar for Nordplus Vaksen. Det er oppretta eit nordisk nettverk for vaksenlæring (NVL) og ei samordnande eining lagd til Center för flexibelt lärande i Hässleholm, Sverige. SVL har fagleg ansvar for denne institusjonen. SVL har teke initiativ til utvikling av eit nytt prosjekt om arbeidsplassen som læringsmiljø frå og med 2005, og ein forstudie om leseevne hos vaksne er sett i gang i 2006. SVL held fram med sin aktive medverknad i samarbeidet med dei baltiske landa og Nordvest-Russland. Hausten 2006 vil det bli arrangert ein nordisk konferanse om lærande verksemder.

Av dei mange ulike prosjekta der styringsgruppa for høgare utdanning (HØGUT) er involvert, kan spesielt nemnast prosjekt for felles godkjenningsordningar for utdanning, fornya mandat og midlar til grupper som følgjer med på dei nordiske studiestøtteordningane med årleg rapportering (m.a. når det gjeld grensehindringar), arbeid med utvikling av felles studieprogram og oppfølging av arbeidet med å fremje mobilitet.

HØGUT har på overordna nivå ansvar for innhald og politisk profil for høgare utdanning i Nordplus-programmet. Så godt som alle norske universitet og høgskular er på ulike måtar involverte i dette programmet. Nordplus er det viktigaste instrumentet for nordisk samarbeid innan høgare utdanning, m.a. med satsinga på felles studieprogram med høve til vidare utvikling av felles nordiske masterprogram.

Når det gjeld IT-samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet, fokuserer ministerrådet på nye vilkår og område for auka bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Ministerrådet rettar i aukande grad merksemda mot den samla IT-infrastrukturen som grunnlag for utdanning og forsking i kunnskapssamfunnet. Ministerrådet har inngått partnarskapsavtale med Austersjørådet og EU i regi av The Northern eDimension Action Plan . NMR har hatt særleg fokus på Internett og internettbasert FoU og på indikatorar for kunnskapssamfunnet. Styringsgruppa for The Northern eDimension Action Plan har føreslått ei vidareføring utover 2006 med fokus på områda Internett og internettbasert FoU, «eHealth» og «eInclusion».

NordForsk vart etablert 1. januar 2005 som eit sjølvstendig organ under ministerrådet for utdanning og forsking, og erstatta Nordisk forskingspolitisk råd (FPR) og Nordisk forskarutdanningsakademi (NorFA). NordForsk har ansvar for nordisk samarbeid innan forsking og forskarutdanning, i tillegg til samarbeid og koordinering med Nordisk InnovasjonsCenter (NICe). Dei nasjonale forskingsråda og andre organ som finansierer forsking, er saman med universiteta sentrale aktørar i NordForsk. Strategien til NordForsk vil liggje føre hausten 2006.

Fokus for samarbeidet er forskingsområde der dei nordiske landa er vitskapleg sterke og kanskje òg verdsleiande. Føremålet er å fremje forsking av høgaste internasjonale kvalitet. Saman kan dei nordiske landa stå sterkare i konkurransen om europeisk forskingsfinansiering enn som enkeltland. NordForsk lanserte støtteordningar i januar 2006. Det kan no søkjast finansiering gjennom sju ulike instrument: nordiske nettverk, nordiske nettverk av nasjonale spissforskingseiningar, nordiske nettverk av nasjonale forskarskular, nordiske kursstipend, nordiske forskarkurs i nærområda, nordiske kurs for doktorgradsrettleiarar og nordiske såkornmidlar. NordForsk vil lansere ytterlegare støtteordningar innanfor områda stamcelleforsking, velferdsforsking med fokus på arbeidsmarknaden og den skandinaviske modellen og mat, ernæring og helse. Satsingane på desse områda skal samfinansierast av NordForsk og nasjonale forskingskjelder.

Nordens språkråd starta arbeidet med utforminga av eit grunnlagsdokument for ein ny nordisk språkpolitikk i 2004. Eit forslag om ein nordisk språkdeklarasjon er no til behandling i NMR-organa. Språkdeklarasjonen skal m.a. vere eit grunnlag for ein felles nordisk strategi for å møte trusselen om domenetap, dvs. at dei nordiske språka på visse område står i fare for å tape terreng og bli erstatta av engelsk, til dømes innanfor høgare utdanning og forsking. Det blir arbeidd for at deklarasjonen skal leggjast fram som eit ministerrådsforslag for Nordisk Råd. Nordens språkråd har overordna ansvar for nettverksprogrammet Nordplus Språk. Arbeidet med revisjon av Nordisk språkkonvensjon er i gang.

6.3 Miljø

Nordisk miljøhandlingsprogram 2005–2008

Det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2005–2008 er retningsgjevande for det nordiske samarbeidet på miljøområdet. Miljøhandlingsprogrammet fokuserer på følgjande fire overordna tema:

  • miljø og helse

  • havet

  • natur, kulturmiljø og friluftsliv

  • berekraftig forbruk og produksjon

I tillegg er klima eit gjennomgåande tema som rører ved alle dei fire overordna temaa.

Ei viktig målsetjing ved utarbeidinga av miljøhandlingsprogrammet har vore at programmet skal vere miljøsektoren si oppfølging av den sektorovergripande strategien for eit berekraftig Norden. Frå norsk side er det òg lagt vesentleg vekt på at det nye miljøhandlingsprogrammet i sterkare grad enn før skal fokusere på nordisk samarbeid i høve til ulike internasjonale prosessar.

Norden og EU/EØS

I det formelle nordiske samarbeidet i regi av Nordisk Ministerråd er EU-spørsmål eit sentralt punkt på dagsordenen i alle forum. Dagsordenen for miljørådsmøta i EU blir diskutert på møta mellom dei nordiske miljøvernministrane. Det vert òg diskutert problemstillingar og posisjonar i enkeltsaker som ligg i kommisjons- eller rådsfasen i EU, og der dei nordiske landa har samanfallande interesser og synspunkt. Sentrale EU-tema det siste året har mellom anna vore mål og strategiar for klimapolitikken, det nye kjemikalieregelverket REACH, strategien for luftforureiningar, kvikksølvstrategien, GMO-spørsmål og strategien for vern og bevaring av det marine miljøet. I dei nordiske miljøarbeidsgruppene står òg EU/EØS-spørsmål i fokus, både når det gjeld utvikling og implementering av regelverk. I tillegg har miljøvernministrane i alle dei nordiske landa i ei årrekkje møtt kvarandre uformelt til frukostmøte før miljørådsmøta i EU. På dei nordiske frukostmøta blir posisjonane i dei viktigaste sakene gjennomgådde. Dessutan vert det jamleg halde uformelle bilaterale kontaktmøte på embetsmannsnivå der prioriterte saker i EU står sentralt på dagsordenen i tillegg til andre internasjonale saker.

Det nordiske miljøfinansieringsselskapet (NEFCO)

NEFCO er etablert med det føremål å fremje miljøinvesteringar i nærområda til Norden. Det primære området er Nordvest-Russland, med hovudvekt på russisk del av Barentsregionen og Austersjøregionen. Etter at dei baltiske landa og Polen er blitt medlemmer i EU, blir prosjektaktiviteten i desse landa trappa ned.

NEFCO kan medverke med eigenkapital, lån eller garantiar eller ein kombinasjon av desse gjennom støtte frå investeringsfondet, miljøutviklingsfondet eller Testing Ground Facility. Ei evaluering som vart lagd fram for miljøvernministrane på ministermøtet i februar 2001, viste at NEFCO på ein effektiv måte oppfyller måla både finansielt og miljømessig. Dei nordiske miljøvernministrane vedtok på møtet i oktober 2003 at Finland, Island, Noreg og Sverige skal auke grunnkapitalen i NEFCOs investeringsfond for perioden 2004–2007.

NEFCOs investeringsfond vart etablert i 1990 for å gjennomføre kostnadseffektive miljøprosjekt i nærområda til Norden, og går inn med investeringar, lån eller garantiar i økonomisk lønsame miljøprosjekt. Fondet yter tilskot til gjennomføring av prosjekt i Russland og Ukraina som medverkar til reduserte vassutslepp, langtransporterte luftforureiningar og klimagassutslepp. Det er ein føresetnad at alle prosjekt involverer ein nordisk partnar i eit langsiktig samarbeid.

Nordisk Ministerråd, miljøvernministrane (MR-M), oppretta i 1996 Nordisk miljøutviklingsfond for finansiering av miljøvernprosjekt i Barents- og Austersjøregionen. Fondet blir administrert av NEFCO. Miljøvernministrane i dei nordiske landa vedtok i august 2004 at fondet skal vidareførast i tre år og tilførast eit tilskot frå dei nordiske landa på ca. 14 mill. DKK årleg. I tillegg kjem midlar frå Nordisk Ministerråd.

Fondet vert brukt til å «subsidiere» miljøinvesteringar som elles ikkje ville blitt gjennomførte, og fungerer difor som støtte til andre økonomiske verkemiddel som NEFCO og andre internasjonale finansinstitusjonar forvaltar. Det er gjort ei intern evaluering av fondet som viser at bidrag frå fondet har vore avgjerande for å få gjennomført viktige miljøprosjekt i Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Eksempel på prosjekt er innsamling og destruering av PCB, energiøkonomisering og revolverande fond for investeringar i miljøteknologi som oppfølging av reinare produksjonsprogram. Det er såleis god synergi med norske bilaterale prosjekt og prosjekt i Arktisk råd og Barentsrådet.

Testing Ground Facility (TGF) vart etablert i 2004, og er eit klimafond som skal finansiere miljøprosjekt som medverkar til reduserte klimagassutslepp. Fondet vart oppretta i tilknyting til samarbeidet mellom Austersjølanda for å fremje Joint Implementation, ein fleksibel mekanisme under Kyotoprotokollen. Det er særleg lagt vekt på prosjekt i energisektoren. TGF vil særleg konsentrere seg om Russland og Ukraina.

I 2004 vart det òg etablert ein Barents Hot Spot Facility (BHSF), og NEFCO fekk eit nytt forvaltningsoppdrag frå miljøvernministrane i Barents-samarbeidet. Målet er å identifisere og gjennomføre utsleppsreduksjonar ved større alvorlege industriutslepp («Hot Spots») i Nordvest-Russland innan 2013.

Arbeidsgruppene

Arbeidsområda til gruppene dekkjer eit breitt spekter av miljøsaker, og aktivitetane i 2005–2006 har som tidlegare vore orienterte både mot tradisjonelt nordisk samarbeid, samarbeid i tilknyting til utviklinga i EU og nærområda til Norden og internasjonalt miljøsamarbeid elles. Utgangspunktet for arbeidet i gruppene har vore det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2005–2008.

Nordisk gruppe for produkt og avfall (PA-gruppa)

Sentrale element i arbeidet til PA-gruppa er å medverke til at både avfallsmengdene og innhaldet av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i avfall blir reduserte, samtidig som ressursane i avfallet blir betre utnytta. Hovudarbeidsområda til gruppa er produkt, avfall og miljøteknologi. Gruppa jobbar for å fremje nordisk samarbeid med fokus på samanfallande politikk og strategiutvikling, kunnskapsutvikling og miljøøkonomiske og tekniske prosjekt med felles nytte- og informasjonsverdi. Av pågåande prosjekt kan nemnast tre prosjekt i samband med gjennomføringa av EU-direktivet om deponering av avfall og eit prosjekt som gjeld miljøleiingssystem i mindre verksemder. Gruppa legg stor vekt på koordinering og utarbeiding av nordiske synspunkt og innspel i samband med pågåande arbeid i EU/EØS og andre internasjonale organisasjonar. Gruppa har m.a. delteke i arbeidet med oppfølging av EU-direktivet om elektrisk og elektronisk avfall, og jobbar stadig med innspel til utarbeidinga av BREF-dokument, m.a. «BAT reference»-dokumentet om jern og stål. I tillegg har ein planar om å gjennomføre eit prosjekt om definisjonar av avfall, som er venta å bli eit viktig innspel til diskusjonane om det nye EU-rammedirektivet for avfall. Noreg ønskjer at PA-gruppa i året som kjem, særleg legg vekt på pågåande saker i EU.

I samband med det nye nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2005–2008 har PA-gruppa gjennomgått sine arbeidsmetodar og omorganisert strukturen for å sikre ei best mogeleg gjennomføring av målsetjingane med miljøhandlingsprogrammet. Talet på undergrupper er redusert frå 13 til 7, og arbeidet i undergruppene vil bli meir sentralstyrt enn tidlegare. Det skal utarbeidast ein treårig handlingsplan for gruppa med rammer for aktivitetane i heile programperioden.

Natur-, friluftslivs- og kulturmiljøgruppa (NFK)

Hovudarbeidsområda for arbeidsgruppa er biologisk mangfald og genetiske ressursar, friluftsliv, landskap og kulturmiljø. NFK dekkjer eit svært breitt emneområde, og ein søkjer å målrette aktivitetane med færre og større innsatsar som kan tene til å realisere det nordiske miljøhandlingsprogrammet (MHP) for 2005–2008, og som samtidig har stor nordisk nytteverdi når det gjeld forvaltning og formidling av problema innanfor dei to hovudområda. Prosjekt som inneber nordiske innspel eller medverkar til nordisk implementering av internasjonale avtalar, har høg prioritet. NFK vil leggje auka vekt på samarbeid med dei relevante nordiske og nasjonale frivillige organisasjonane for å sikre ei brei, folkeleg, nordisk forankring av MHP 2005–2008. I fleire av prosjekta samarbeider NFK med andre nordiske arbeidsgrupper, særleg miljø, jord- og skogbruk (MJS), miljø og fisk (MIFI) og miljøovervaking og data (NMD). I tillegg til sektorsamarbeidet har prosjekt med relevans for EU/EØS og nordområda/Arktis vore prioriterte. Prosjekt innanfor Norden har bygd nettverk mellom personar i forvaltningane og vore til nytte nasjonalt i dei enkelte landa.

Det er gjeve støtte til nordiske initiativ for oppfølging av internasjonale naturavtalar. Her inngår mellom anna eit stort nordisk-baltisk prosjekt som gjeld framande artar. Samarbeidet om ein politikk for genmodifiserte organismar er eit anna eksempel på dette. For å informere om internasjonale avtalar på natur- og kulturminneområdet blir det gjeve ut ein informasjonsfaldar om avtalane på alle dei nordiske språka. Det blir òg gjort ein felles nordisk innsats for å nå målet om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010, m.a. med fokus på kva lokalsamfunna kan gjere i ein slik samla innsats. Eit viktig prosjekt rettar søkjelyset mot klimaendringane og kva konsekvensar dei får for natur- og kulturmiljø i Norden. Det er òg teke initiativ til fleire prosjekt som gjeld samanhengane mellom oppvekstmiljø for barn og unge, friluftsliv og folkehelse.

På kulturmiljøfeltet er det prosjekt i gang innan skogbruk og kulturmiljø, ei digital formidling av vikingtida og eit samarbeid med nærområda om Kulturminnedagen. I tillegg er det frå norsk side teke initiativ til årlege nordiske samlingar for nordiske kulturmiljøforvaltarar.

NFK vil i åra framover vidareføre eit tett samarbeid med andre arbeidsgrupper. 2010–målet for tap av biologisk mangfald vil framleis stå sentralt. Arbeidet med konsekvensane av klimaendringar på natur og kulturmiljø skal utvidast. Det gode nordiske samarbeidet om oppfølginga av verdsarvkonvensjonen skal vidareførast. Ei vidare oppfølging av samarbeidet om gjennomføringa av landskapskonvensjonen er under planlegging. På kulturminneområdet vil oppfølging av det målretta nettverkssamarbeidet bli viktig. Arbeid med ulike samanhengar mellom kulturmiljø, naturmiljø og verdiskaping blir vidareført. Etablering av eit livskraftig nettverk av nordiske NGO-ar på kulturminneområdet har òg prioritet. Koplinga mellom friluftsliv og helse vil bli vidareført, med fokus på barn og unge og på mobiliseringstiltak. Noreg prioriterer å utvide samarbeidet på helseområdet til òg å gjelde samanhengane mellom friluftsliv og psykisk helse.

Dei siste prosjekta i den nordiske handlingsplanen for natur- og kulturmiljøvern i Arktis og på Grønland, Island og Svalbard blir avslutta i 2005/2006. Til saman er det gjennomført ni prosjekt etter handlingsplanen.

Hav- og luftforureiningsgruppa

Det nordiske samarbeidet i hav- og luftforureiningsgruppa er først og fremst retta inn mot arbeid i EU, regionale konvensjonar og handlingsplanar som skal bidra til ein best mogeleg miljøtilstand på hav- og luftområdet i Norden og nærområda. Gruppa har som si fremste oppgåve å få utarbeidd vitskapleg basert underlagsmateriale for felles nordisk innsats i internasjonale organ og forhandlingar.

Hovudsatsingsområda for gruppa er forsuring, bakkenært ozon, partikkelforureining, eutrofiering i marine miljø og berekraftig utnytting av havressursane. Vidare har gruppa noko aktivitet knytt til utslepp og spreiing av organiske miljøgifter og tungmetall. Gruppa samarbeider òg med andre grupper under Nordisk Ministerråd, særleg kjemikaliegruppa (NKG), miljøovervakings- og datagruppa (NMD) og miljø- og fiskerigruppa (MiFi), for å utvikle ein meir heilskapleg innfallsvinkel til miljøproblema.

På luftområdet er innsatsen i hovudsak retta mot å skaffe fram det faglege grunnlaget for revisjon av Göteborgprotokollen av 1999 under konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining (LRTAP), av EU-direktivet om nasjonale tak for utslepp av visse forureinande stoff til luft (NEC-direktivet) og dei ulike direktiva om lokal luftkvalitet. Frå norsk side blir det i dette arbeidet særleg lagt vekt på å utvikle nye avtalar som kan medverke ytterlegare til reduksjon av forsurings­belastninga og av tilførslene av partikkelforureining og stoff som er med på å danne bakkenært ozon.

Det vert òg lagt vekt på samarbeid om ulike tiltak for å redusere utsleppa til luft. Prosjektverksemda i gruppa var i 2005 særleg retta mot forbetring av det faglege grunnlaget for modellering av nye avtalescenario. I 2007 vil gruppa prioritere arbeid med å få betre oversikt over alternative scenario for energibruk og utslepp, m.a. basert på gjennomføring av Kyotoprotokollen og mogelege klimaavtalar etter Kyoto-perioden. Vidare blir det lagt vekt på arbeid med å betre kunnskapen om partikkelforureining og hemisfærisk spreiing av luftforureiningar. På tiltakssida vil gruppa arbeide med underlag til ein mogeleg europeisk standard for utslepp av partiklar frå vedomnar.

Hav- og luftforureiningsgruppa arbeider med å utvikle ein nordisk marin strategi som m.a. omfattar arbeidet med å leggje det faglege grunnlaget til rette for eventuelt å utvikle effektbaserte avtalar med sikte på å redusere forureinande tilførsler til kystnære havområde. Som ledd i dette arbeidet har gruppa lagt opp til ei langsiktig satsing på å utvikle modellar for å berekne eutrofieringsverknaden av næringssalttilførsler. Noreg legg stor vekt på å utvikle ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av havmiljø og ressursar slik det er utlagt i St.meld. nr. 12 (2001–2002) Rent og rikt hav og i St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan). Forvaltningsplanen er ei konkretisering av det norske arbeidet med økosystembasert forvaltning av havområda. Her står samarbeidet med MiFi sentralt.

Arbeidet på havområdet rettar seg primært mot Helsinkikonvensjonen om vern av det marine miljøet i Austersjøen (HELCOM) og konvensjonen om vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR). Gruppa har spesielt fokusert på påverknader og effektar, både med omsyn til næringsstoff (eutrofiering) og miljøskadelege stoff. Gruppa har det siste året prioritert arbeid knytt til EU-rammedirektivet for vatn og utviklinga av marinstrategien til EU. Dei seinare åra er det igangsett fleire viktige prosjekt knytte til det marine arbeidet i EU, spesielt utvikling av nordiske «verktøy» som kan brukast i implementeringa av rammedirektivet for vatn.

Gruppa vil i 2007 arbeide vidare med å skaffe fram fagleg grunnlag for tiltak mot eutrofiering av dei nordiske kystområda og dei opne havområda. Det blir elles lagt vekt på å styrkje det nordiske samarbeidet om berekraftig utnytting av havressursane, m.a. ved å skaffe meir kunnskap om forholda og prosessane i dei marine økosystema og ved å styrkje kompetansen hos dei nordiske miljøstyresmaktene om økosystembasert forvaltning av havmiljøa.

Hav- og luftforureiningsgruppa samarbeider med NKG om strategiar og tiltak for å redusere utsleppa av miljøgifter til hav, og med NMD om eit prosjekt for kartlegging av POP-ar i sjøfugl. I tillegg blir det samarbeidd med MiFi om marinstrategidirektivet til EU (EMS-direktivet). Gruppa vil i 2007 prioritere kartleggingsarbeidet i nordområda og i Arktis, spesielt med omsyn til POP-ar og tungmetall, og vil bidra med underlag til Nordisk Ministerråds strategi for den nordiske innsatsen i Arktis og det nordiske arbeidet under Arktisk råd.

Nordisk kjemikaliegruppe (NKG) 2005–2006

Ein stor del av den nasjonale kjemikaliereguleringa har bakgrunn i internasjonale forhandlingar og avtalar. Grunnleggjande oppgåver for NKG og dei tilknytte prosjektgruppene er å arbeide for å minimere helse- og miljørisikoen ved produksjon, bruk og avfallshandtering av kjemikaliar. Det nordiske miljøhandlingsprogrammet for 2005–2008 dannar ramma for arbeidet, spesielt innanfor temaområdet miljø og helse. NKG arbeider for å:

  • auke kunnskapen om kjemikaliar med sikte på tryggare bruk

  • skape grunnlag for koordinerte nordiske inn­spel til internasjonale forhandlingar (EU, OECD og FN i tillegg til dei internasjonale miljøkonvensjonane)

  • utvikle nye metodar og databasar for meir effektiv risikobedømming og –handtering

NKG fokuserer på aktivitetar på område der det vert utvikla ny politikk eller nytt regelverk. Hovuddelen av NKG-arbeidet er innretta på eit høgare ambisjonsnivå i EU/EØS-arbeidet. Mange av aktivitetane til NKG har medført eller vil medføre reduserte utslepp og minska bruk av kjemikaliar, og har samtidig gjeve auka kunnskap om kjemikaliar i prosessar og varer. NKG har i 2005–2006 satsa spesielt på aktivitetar i tilknyting til den nye EU-lovgjevinga om kjemikaliar, REACH. I samband med dette arrangerte NKG eit arbeidsseminar i 2005 for å sikre vidare nordisk innsats i REACH-arbeidet og førebu nordiske styresmakter på implementeringa av REACH i nasjonalt regelverk. Prosjektgruppene har teke konklusjonane med i sitt vidare arbeid, og det er fokusert sterkare på EU-behandlinga av eit nytt klassifiserings- og merkjesystem (Global Harmonized System) og innføringa av dette i REACH, og på plikta for medlemsstatane til å yte rådgjeving og hjelp til nasjonal industri ved innføring av REACH (HelpDesk). Eit eige arbeidsseminar om HelpDesk blir halde i 2006.

Noreg har stått i spissen for arbeidet med ein NKG-finansiert studie av kva positive helse- og vekstverknader ei forbetra kjemikalieforvaltning kan ha i U-land. Ein førebels rapport med tittelen Chemicals and Development: Health and Economic Benefits of Sound Chemicals Management vart publisert til ministermøtet som vedtok ein ny global kjemikaliestrategi (SAICM) i Dubai i februar 2006. Det er venta at arbeidet kjem til å styrkje koplinga mellom kjemikaliar og bistand.

Erfaringane viser at utsiktene til å oppnå resultat internasjonalt er betre når det vert fremja koordinerte og fagleg godt underbygde fellesnordiske synspunkt. Det nordiske kjemikaliearbeidet gjennom NKG har i høg grad vektlagt informasjon utetter og resultert i ei rekkje publikasjonar og brosjyrar. Desse er tilgjengelege på NKG-sidene på Internett: http://www.norden.org/kemikaliegruppen/sk/kemikaliegruppen.asp

Dei viktigaste konkrete områda for NKG framover vil vere:

  • å halde fram med å påverke kjemikaliepolitikken i EU i tråd med nordisk strategi, særleg i parlaments- og rådsbehandlinga av det nye kjemikalieregelverket for EU (REACH)

  • å påverke til ei vidare heving av vernenivået i lovgjevingsprosessen i EU

  • å påverke konvensjonsarbeidet i UNEP/POP i tråd med nordiske interesser

  • å påverke arbeidet med kvikksølv og andre tungmetall som går føre seg i UNEP

  • å følgje «emerging issues» som oppstår nasjonalt, mellom anna problemstoff som PFAS, bromerte flammehemmarar og «nye» effektar (hormonhermande effektar)

  • å vidareutvikle informasjonsflyten mellom landa, mellom anna gjennom nordisk produktregistersamarbeid, og å vidareføre arbeidet med databasar for helse- og miljøskadelege stoff. Ei utgreiing om sterke og svake sider ved dei nordiske produktregistera med tanke på etablering av kjemikalieregister etter REACH blir gjennomført i 2006

  • å auke kunnskapen om miljøeigenskapane ved kjemikaliar i legemiddel og kosmetikk gjennom nordisk samarbeid

Gruppa for miljøovervaking og data (NMD)

Gruppa har som sine overordna målsetjingar:

  • å medverke til eit betre grunnlag for å vurdere kor effektiv den miljøpolitiske innsatsen er

  • å skaffe fram utgreiingar og vurderingar når det gjeld miljøtilstand, belastningar og utvik­lingstendensar

  • å medverke til meir effektiv overvaking av miljøet i Norden

  • å identifisere og vurdere ulike miljøtruslar

  • å medverke til betre forståing av kva menneskeleg påverknad fører til

Gruppa arbeider med utvikling av metodar og prinsipp for overvaking og handtering av miljødata, utvikling og bruk av miljøindikatorar og rapportering av miljøtilstanden. Stort sett er arbeidet langsiktig og gjev resultat i form av strategiske verkemiddel til bruk i kvart land. Dei prioriteringane som kjem til uttrykk i arbeidsprogrammet til gruppa, gjev eit godt bilete av dei norske prioriteringane.

NMD har i 2005 retta arbeidet sitt mot tre av temaa i miljøhandlingsprogrammet: biologisk mangfald og genetiske ressursar, havet, miljø og helse. Gruppa har i 2005 lagt fram fleire rapportar, og prosjektverksemda gjennom året har dessutan produsert resultat til bruk i internasjonale forum, t.d. GISP (Global Invasive Species Programme) og kjemikaliegruppa i EU. Alle prosjekta gruppa har arbeidd med i 2005, er avvikla i samarbeid med dei andre arbeidsgruppene.

Av dei viktigaste resultata frå verksemda i gruppa i 2005 kan nemnast:

  • bidrag til brei formidling via National Geographic av kunnskap om korleis invasive artar påverkar naturen i m.a. dei nordiske landa

  • definerte måleparametrar som kan fastsetjast tilstrekkeleg sikkert til å vere brukande til overvaking av kystsona i samband med EU-rammedirektivet for vatn

  • oppstart av eit viktig arbeid med å kartleggje korleis oppdrettsnæringa påverkar det omkringliggjande miljøet, med særleg fokus på medisinar, biocid og miljøgifter frå fôret som blir brukt

  • bidrag til utarbeiding av indikatorrapporten i tilknyting til den nordiske strategien for berekraftig utvikling

I tillegg vart det i 2005 gjeve ut fire andre sluttrapportar, og fleire prosjekt er avslutta. Arbeidet som gruppa gjer med utvikling av miljøovervakingsmetodikk for dei arktiske områda i Norden, blir koordinert etter NMR-handlingsprogrammet for Arktis og omfattar aktivitetar på Grønland, Island og Svalbard.

Arbeidet med miljøkonsekvensutgreiingar

For å følgje opp det nordiske samarbeidet på dette området er eit nettverk for konsekvensutgreiing, strategiske konsekvensutgreiingar og regional utvikling, Nordisk nätverk för miljökonsekvensbeskrivning (MKB) och regional utveckling, vidareført. Nettverket blir administrert ved Nordic Centre for Spatial Development (Nordregio) .

Konsekvensutgreiingar er eit internasjonalt anerkjent verkemiddel i miljøpolitikken. Diskusjonar om berekraftig utvikling og det fokuset som m.a. EU no set på regionalt balansert samfunnsutvikling, har aktualisert integrering av miljøspørsmål i andre planleggings- og politikkområde. Nettverket vil i den kommande perioden spesielt fokusere på den sektorovergripande og regionale tilnærminga til konsekvensutgreiingar og arealplanlegging. Dette er interessant òg i lys av lovutviklinga i EU og i Noreg.

Nettverket har til hovudføremål å medverke til at konsekvensutgreiingar blir utvikla som instrument for analyse, planlegging og avgjerdstaking i nordisk og internasjonal samanheng. I tillegg skal nettverket danne ein nordisk basis for informasjons- og erfaringsutveksling mellom forvaltarar, brukarar og forskarar og for forskings- og utviklingsprosjekt. Nettverket skal òg vere med på å formidle nordiske erfaringar i internasjonale samanhengar. For å nå desse måla koordinerer og tilbyr det nordiske nettverket for MKB eit elektronisk nyheitsbrev, seminar, konferansar og forskings- og utviklingsprosjekt.

Med jamne mellomrom (tredje-/fjerdekvart år) blir det arrangert ein nordisk konferanse om konsekvensutgreiingar. I mai 2006 vart det arrangert ein nordisk konferanse integrert i ein internasjonal fagkonferanse i regi av International Association for Impact Assessment i Stavanger. Det nordiske nettverket for MKB hadde ei sentral rolle i arbeidet med å utforme det faglege innhaldet i konferansen, og vil gjere sitt for å vareta det nordiske perspektivet.

Atomtryggleik og radioaktivt avfall

I dei nordiske nærområda finst det ei rekke atom­installasjonar og store mengder radioaktivt avfall som dels er ei kontinuerleg kjelde til radioaktiv forureining, men som framfor alt representerer ein fare for ulukker og andre hendingar som kan føre til alvorleg radioaktiv forureining av nordiske område. Den største forureiningsfaren er knytt til høgrisikoreaktorar ved atomkraftverk som er i drift på Kola, ved St. Petersburg og i Litauen, og til dei store lagera av høgaktivt atomavfall ved reprosesseringsanlegga for brukt atombrensel i Sellafield og La Hague. Andre potensielle kjelder til forureining er reaktorar om bord på atomdrivne fartøy og store mengder brukt kjernebrensel og atomavfall som hopar seg opp i Nordvest-Russland. Òg sjøtransport av brukt brensel og anna høgradioaktivt materiale er ei potensiell kjelde til forureining i nordiske farvatn. Opninga for import av brukt kjernebrensel til Russland kan føre til at slike transportar vil utgjere ein større risiko i nordiske farvatn enn tilfellet er i dag.

Den noverande forureininga av nordiske landområde skuldast primært nedfall etter atmosfæriske prøvesprengingar på 50- og 60-talet og radioaktivt nedfall frå Tsjernobylulukka våren 1986. Historiske utslepp har stått for det meste av forureininga òg i det marine miljøet. Utslepp frå dei vesteuropeiske reprosesseringsanlegga for brukt kjernebrensel, og då særleg anlegget i Sellafield, er dei viktigaste noverande kjeldene for utslepp til det marine miljøet. Dei samla radioaktive utsleppa frå reprosesseringsanlegga er reduserte ein god del sidan slutten av 70-talet. Derimot auka utsleppa av det radioaktive stoffet technetium-99 frå Sellafield kraftig frå midt på 90-talet. Dette førte til auka nivå av technetium-99 i marine organismar som tang og hummar i nordiske kystfarvatn. Desse utsleppa er no stansa. Nivåa av technetium-99 i nordiske kystfarvatn er no minkande, og er venta å gå ytterlegare ned i åra som kjem. Samarbeid på ministernivå og samordna nordisk innsats i aktuelle internasjonale forum har i denne og andre samanhengar hatt mykje å seie for arbeidet med å redusere utsleppa av radioaktive stoff frå reprosesseringsanlegg i nærområda rundt Norden.

Av dei nordiske landa er det berre Sverige og Finland som produserer atomkraft. Noreg har to mindre forskingsreaktorar i Halden og på Kjeller. Utsleppa frå atominstallasjonar innanfor Nordens grenser er i dag svært små. Tryggleiksnivået er dessutan høgt, slik at faren for alvorlege ulukker og større utslepp frå nordiske atominstallasjonar er liten. Det er i dag ikkje noko formalisert samarbeid under Nordisk Ministerråd når det gjeld arbeid med kjernetryggleik og atomavfall i Norden. Under Nordisk kjernetryggleiksforsking (NKS) finst det fleire forskingsprogram som spesielt fokuserer på kjernetryggleik og beredskap mot atomulukker, men dette samarbeidet ligg ikkje under NMR. Det går òg føre seg eit visst samarbeid mellom dei nordiske landa på prosjektnivå, særleg når det gjeld tiltak retta mot risikoreaktorar i nærområda. Det er regelmessig møteverksemd mellom nordiske aktørar, deriblant halvårege møte i Nordic Nuclear Coordination Group (NNCG). Den vestlege innsatsen for å løyse atomavfallsproblema i Nordvest-Russland blir til ein viss grad koordinert gjennom den såkalla Contact Expert Group (CEG) under IAEA, der Noreg har ei sentral rolle. Samarbeidet mellom dei ulike nordiske landa og Russland når det gjeld atomavfall og kjernetryggleik, er hovudsakleg organisert bilateralt, og særleg Noreg, Sverige og Finland er involverte i ei rekkje bilaterale og multilaterale prosjekt saman med Russland. I tillegg har dei nordiske landa tilsvarande samarbeid med dei baltiske statane.

6.4 Nærings-, energi- og regionalpolitikk

Ein ny organisasjonsstruktur i Nordisk Ministerråd vart vedteken med verknad frå 1. januar 2006. Dei tidlegare tre ministerråda for høvesvis nærings-, energi- og regionalpolitikk er samla til eitt felles ministerråd (MR-NER). Den nye strukturen skal effektivisere arbeidet i Nordisk Ministerråd og gje rom for synergieffektar mellom dei tre sektorane. På det felles ministerrådsmøtet som fann stad i Bodø i september, vil m.a. eit felles prosjekt mellom nærings- og regionalsektoren om regionalt tilpassa innovasjonspolitikk under nordiske tilhøve bli behandla.

Næringspolitisk samarbeid

Under den norske formannskapen i 2006 vil det nordiske næringspolitiske samarbeidet fokusere på ei oppfølging av dei føringane som er lagde i det nye næringspolitiske samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010. Utvikling av Norden som ein samanhengande, grenselaus næringsregion og samarbeid om innovasjon, utvikling og forsking er prioriterte tema.

Målsetjinga er at Norden skal høyre til blant dei leiande regionane i verda når det gjeld konkurranseevne og økonomisk vekst.

Programmet er fleksibelt utforma slik at nye problemstillingar kan takast opp og prioriterast innanfor rammene av programmet. Forslaga i det nye samarbeidsprogrammet vil fokusere på ytterlegare integrering av det nordiske næringslivet.

Til å initiere, gjennomføre og følgje opp prosjekt knytte til samarbeidsprogrammet vil Nordisk InnovasjonsCenter (NICe) vere det viktigaste instrumentet for næringssektoren. Samarbeidet mellom dei ulike formannskapane og NICe er blitt stadig viktigare etter at NICe vart etablert i 2004. NICe vil medverke til å fremje eit effektivt nordisk næringspolitisk samarbeid som kan lette mark­nads­tilgangen både europeisk og globalt.

Entreprenørskap og innovasjon

Dei nordiske næringsministrane vedtok i 2004 eit program for det innovasjonspolitiske samarbeidet i næringssektoren fram til 2010. Eit vesentleg omsyn var å vise kva næringssektoren har å tilby i den breiare satsinga på Norden som eit leiande innovasjons- og kunnskapsmiljø. Programmet er nedfelt i forslaget til nordisk innovasjonspolitisk samarbeidsprogram 2005–2010 («Innovasjonsboka»).

Dette arbeidet blir ført vidare under den norske formannskapen. Ikkje minst er det viktig å forenkle etablerings- og utviklingsvilkåra for små verksemder, entreprenørar og sjølvstendige oppfinnarar. Under den norske formannskapen i 2002 vart det halde ein konferanse for desse gruppene. Hausten 2006 blir det arrangert ein oppfølgingskonferanse i samarbeid med NICe med særleg vekt på å føre vidare arbeidet med forenkling av prosedyrane for oppstart av eigne verksemder for desse gruppene.

Òg ein utvida bruk av innovasjonssystema i dei nordiske landa for å finansiere prosjekt i andre nordiske land er under vurdering. NICe vil i samband med dette leggje fram ein rapport om «grenselause innovasjonssystem» i løpet av inneverande år.

Reduksjon av grensehindringar for næringslivet

Arbeidet med å fjerne grensehindringar for næringslivet er omtala i kapittel 4. Dette arbeidet har vore eit sentralt satsingsområde for nordisk samarbeid. Den tidlegare danske statsministeren Poul Schlüter har sidan 2003 og fram til årsskiftet 2005/2006 arbeidd med desse problema. Ein god del grensehindringar er fjerna, men nye kjem til. Difor er det ei viktig målsetjing for årets norske formannskap å fjerne fleire grensehindringar. Frå norsk side blir det i løpet av året lagt fram forslag til korleis grensehindringsarbeidet skal førast vidare. Forslaget går ut på å etablere pådrivarordningar i dei nordiske fagministerråda der grensehindringsproblema er mest framtredande, og der ein finn at det er gode utsikter til å få dei fjerna. Næringssektoren er eitt av dei fem fagministerråda som er nemnde i forslaget.

Energipolitisk samarbeid

Det er vedteke eit nytt handlingsprogram som gjeld for perioden 2006–2009. Noreg har formannskapen i 2006, og ønskjer å leggje vekt på at det nordiske energisamarbeidet blir ein sterk og aktiv deltakar i utforminga av energipolitikken i Norden og Europa ved å konsentrere seg om følgjande kjerneområde:

  • energimarknader

  • berekraftige energisystem

  • Norden i det internasjonale energisamarbeidet

På bakgrunn av dei rammene for energipolitikken som blir utvikla gjennom EU/EØS, er det behov for eit nordisk samarbeid i alle fasar av utforminga av politikk og regelverk. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet er rekna som spesielt viktig, og ei vidare oppfølging av vedtaka og erklæringane frå møta mellom energiministrane i Akureyri i 2004 og i Narsarsuaq i 2005 står sentralt.

Elektrisitetsmarknaden

På ministerrådsmøtet i 2005 vedtok dei nordiske energiministrane å vidareføre Akureyri-erklæringa om eit vidare og djupare samarbeid innanfor den nordiske el-marknaden. Erklæringa legg særleg vekt på auka koordinering av systemansvaret og utvikling av felles nordiske løysingar for flaskehalshandtering og visjonen om ein felles nordisk sluttbrukarmarknad for elektrisitet. I tillegg har det i 2005/2006 mellom anna vore arbeidd med spørsmål om korleis kvotehandel påverkar el-marknaden og om samordning med EU-regelverket.

Nordisk Ministerråd samarbeider nært med dei ulike aktørane på den nordiske kraftmarknaden. Det er spesielt knytt nær kontakt med dei nordiske sentralnettselskapa gjennom Nordel, som er fellesorganisasjonen deira, og med dei nordiske regulatorane gjennom deira organisasjon, NordREG. Både Nordel og NordREG har gjeve verdifulle innspel til oppfølging av Akureyri-erklæringa. Nordisk Ministerråd vurderer no desse innspela som ein del av førebuingane til det nordiske ministerrådsmøtet i Bodø i september i år.

Det nordiske samarbeidet på elektrisitetsmarknaden er med på å sikre ei meir effektiv, konkurransedyktig og miljømessig utnytting av dei samla kraftressursane i Norden.

Nordisk samarbeid om EU/EØS-spørsmål på ­energiområdet

Det vil vere sentralt å halde fram med det gode samarbeidet på energiområdet om felles utfordringar innan EU/EØS-relaterte tema. Dette vil kunne dreie seg om vidareutviklinga av den indre energimarknaden i EØS. Dei nordiske landa følgjer nøye med på utviklinga av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi, spesielt i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ. Det er etablert nye «task force»-grupper innan fornybar energi og energieffektivisering som har som hovudmål å følgje prosessane på EU/EØS-nivå. I lys av at kommisjonen og EU-landa har starta ein ny diskusjon om energipolitikk, er det naturleg at dei nordiske landa fokuserer sterkare på dei felles utfordringane dette inneber. Grønboka frå EU-kommisjonen om sikker, berekraftig og konkurransedyktig energi vil bli drøfta av dei nordiske landa i 2006.

Regionalt samarbeid med Austersjøregionen og ­naboområda til Norden

I regionen er det i energisektoren identifisert behov for samarbeid for å førebu framtida på ein måte som tek omsyn til miljøspørsmål og berekraftig utvikling, sikker energiforsyning og vidare økonomisk utvikling. Noreg har stått og står sentralt i etableringa og oppfølginga av samarbeidet i regionen, heilt frå dei nordiske statsministrane i Bergen 27.6.1997 vart samde om ei fråsegn om berekraftig energiforsyning rundt Austersjøen og fram til i dag. Austersjøsamarbeidet på energiområdet (BASREC) ligg innanfor samarbeidsrammene for Austersjørådet.

I oktober 2005 vart det halde eit energiministermøte (Austersjørådet) på Island, der rammene for ein ny fireårsperiode (2006–2008) vart fastsette. Som overordna faktorar vert det lagt vekt på ei berekraftig utvikling relatert til energiforsyningstryggleik, konkurranseforhold og økonomisk vekst og på miljøspørsmål. Samarbeidet skal vere komplementært med EU-/Russlandsdialogen, og skal vere sentralt i implementeringa av EU-politikken for den nordlege dimensjonen. Dette vert òg understreka av energikommissæren i EU.

Rammene for BASREC og den nye nordiske handlingsplanen for energisamarbeidet har mykje til felles, mellom anna fokus på å sikre eit godt rammeverk for utviklinga av ein regional energimarknad for elektrisitet, gass og varme, auka bruk av fornybar energi, energieffektivisering og klimaspørsmål, mellom anna oppfølging av Testing Ground Agreement (TGA) og Testing Ground Facility (TGF). Dei nordiske landa har hittil vore sterkt involverte i samarbeidet, både gjennom fellesnordiske og bilaterale midlar til konkrete aktivitetar (sekretariat/prosjekt) og ved å vere pådrivar i samarbeidet generelt.

Dei nordiske landa har òg eit direkte samarbeid med dei tre baltiske statane og med sentrale energistyresmakter i Russland.

Nordisk energiforsking

Institusjonen Nordisk energiforsking skal medverke til å oppfylle kunnskapsbaserte føresetnader for ein kostnadseffektiv reduksjon av energiforbruket og utvikling av nye fornybare energikjelder og miljøvennleg energiteknologi. Dette skal skje gjennom å styrkje grunnkompetansen ved universitet og høgskular og andre forskingsinstitusjonar, og gjennom å skape velfungerande forskarnettverk mellom dei nordiske landa, mellom forsking og næringsliv og mellom regionale aktørar. Det er òg eit mål å styrkje den internasjonale konkurransekrafta til dei nordiske forskingsmiljøa og å auke interaksjonen med nærområda, det vil seie Austersjøregionen og enkelte arktiske område. Tildeling av stipend og lønsbidrag til forskarstudentar og forskarar står sentralt. Institusjonen er samfinansiert av dei nordiske landa med 27,5 MDKK årleg.

Nordisk energiforsking skal medverke til å støtte og utvikle grunnleggjande FoU innanfor sentrale energifaglege tema. For arbeidsperioden 2003–2006 skal dei tematiske forskingsaktivitetane støtte opp om kjerneområda som er utpeika av energiministrane som hovudsatsingane i det nordiske energisamarbeidet, nemleg det nordiske el-samarbeidet, klimaspørsmål og regionalt samarbeid. Ut frå dette er det valt ut fem tematiske område:

  • integrasjon av energimarknaden

  • fornybare energikjelder

  • energieffektivitet

  • hydrogensamfunnet

  • konsekvensar av klimaendringar på energiområdet

Regionalpolitisk samarbeid

Målet om ei balansert og berekraftig utvikling som tek i bruk næringspotensialet og som sikrar livsgrunnlag og velferd for befolkninga i alle regionar, er høgt prioritert i alle dei nordiske landa. Regionalpolitisk samarbeid har ein sentral plass i det nordiske samarbeidet, og engasjerer og involverer både sentralt og regionalt nivå.

Det nordiske regionalpolitiske samarbeidet må finne sin plass i den regionalpolitiske innsatsen i kvart enkelt land på den eine sida, og den felles regionalpolitikken i EU på den andre. Dette er hovudbiletet sjølv om delar av Norden er utanfor EU. Dei grunnleggjande utfordringane som regionane i Norden står overfor, kan ikkje løysast gjennom det nordiske regionalpolitiske samarbeidet aleine. Når det gjeld den nasjonale regionalpolitiske innsatsen, kan det nordiske samarbeidet medverke ved at løysingar og erfaringar frå eitt land blir gjorde betre tilgjengelege for dei andre landa. Innsats som kan gjerast betre i fellesskap fordi ein då kan utnytte felles erfaringar og felles faglege ressursar, bør difor prioriterast i det nordiske regionalpolitiske samarbeidet. Samarbeidet må òg finne sin plass i høve til regionalpolitikken i EU. Gjennom strukturfonda blir betydelege midlar kanaliserte til regionale utviklingsprogram i dei tre medlemslanda, men òg til regionalt samarbeid i Norden og mellom Norden og nabolanda. Det vil òg framleis vere ei utfordring å skape forståing i EU for dei særlege regionalpolitiske utfordringane ein står overfor i Norden, som låg folketettleik, lange transportavstandar og eit kaldt klima. Kommisjonsforslaga til ny regionalpolitikk og nytt regionalpolitisk statsstøtteregelverk for 2007–2013 stadfester at det arbeidet dei nordiske landa har lagt ned overfor kommisjonen og medlemslanda i EU, har ført til gjennomslag for tanken om å ta omsyn til regionar med særlege regionalpolitiske utfordringar.

På denne bakgrunnen har ministerrådet i perioden fram til 2008 prioritert følgjande hovudaktivitetar i det nordiske regionalpolitiske samarbeidet:

  • å sikre Norden ei stemme som blir høyrd i Europa

  • å medverke til utvikling av den politikken dei nordiske landa og regionane sjølve fører, mellom anna gjennom forsking og erfaringsutveksling

  • å fremje regional og dermed nasjonal konkurransekraft på eit berekraftig grunnlag

Det er tre årsaker til at dei nordiske landa ønskjer å samarbeide om regionalpolitiske spørsmål:

  • for å synleggjere dei nordiske særtrekka internasjonalt og opptre meir effektivt i internasjonale samanhengar

  • for å medverke til integrasjon i Norden og med Europa elles

  • for å kunne lære av kvarandre

Det er nødvendig å etablere felles kontaktar med andre land og regionar med utfordringar som liknar dei vi finn i Norden, mellom anna med utgangspunkt i den gjennomførte EU/EØS-utvidinga og planane om ytterlegare utviding.

Det er viktig at grensehinder blir bygde ned og at den internasjonale integrasjonen held fram. Den samla grenseoverskridande prosjektverksemda er no meir omfattande enn nokon gong før. Dette skaper læring og alliansar både mellom regionar innanfor Norden og mellom regionar i Norden og i nærområda.

Når det gjeld samarbeid over landegrensene i Norden og nærområda, vil ein ta initiativ overfor dei aktuelle landa for å etablere eit samarbeid med fokus på nordområda i Europa og deira plass i europeisk politikkutvikling, utvikle det grenseregionale samarbeidet i Norden – mellom anna utarbeide ein strategi for arbeidet i regionalministerrådet når det gjeld det grenseregionale samarbeidet, samarbeide om det framtidige territoriale samarbeidet i EU (Interreg) og stimulere til grenseregionalt samarbeid i nærområda.

På alle desse områda er eit godt kunnskapsgrunnlag avgjerande. Den tiltakande internasjonaliseringa gjer det nødvendig å sjå ut over Norden. Det er behov for komparative kunnskapar om Norden og om andre europeiske land når det gjeld den økonomiske, sosiale og miljømessige utviklinga i landa og regionane. Både erfaringsutveksling og FoU-samarbeid medverkar til den nødvendige kunnskapsutviklinga. Det vil bli lagt vekt på å følgje EU-dagsordenen for romleg utvikling, der oppfølging av Lisboa- og Göteborg-strategiane står sentralt, på erfaringsoverføring mellom dei nordiske landa og på å utvikle Nordregio. I det nordiske forskingsinstituttet Nordregio har vi ein viktig reiskap til å vidareføre denne felles satsinga på eit høgt internasjonalt nivå.

6.5 Fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk

Ny organisasjon i ministerrådet for fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk er innført frå 1. januar 2006. Det er oppretta ein eksekutivkomité (EK-Eksekutiv FJLS) som overbygning over embetsmannskomiteane for høvesvis fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk. Den nye organisasjonen skal gje grunnlag for eit meir heilskapsorientert ministerråd basert på politiske og faglege nivå. Han skal leggje til rette for klare prioriteringar, vere meir synleg og forenkle arbeidsprosessane. Det er eit viktig mål å oppnå effektivisering gjennom klarare prioriteringar og forenkling av planleggings- og arbeidsprosessane.

Det er lagt stor vekt på å vidareutvikle ministerrådsmøta som er felles for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk. Den nye breidda i saksfeltet i dag gjev i seg sjølv ei slik vidareutvikling, og ein legg vidare vekt på å fremje saker med høg politisk relevans. Nærings-, miljø- og forbrukarorganisasjonar blir trekte inn i diskusjonane med ministrane for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk på årlege kontaktorganmøte. Deklarasjonar og ministerfråsegner legg eit godt grunnlag for ei samordna og effektiv oppfølging av mål og strategiar, både nasjonalt i dei nordiske landa og gjennom felles nordiske arbeid. Det vert òg lagt vekt på å utforme felles plattformer for nordiske arbeid i internasjonale organ.

Det felles handlingsprogrammet for perioden 2005–2008 for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk er ambisiøst, og det er lagt opp til ei meir omfattande samordning mellom den nasjonale innsatsen og arbeid i regi av Nordisk Ministerråd. Dei overordna målsetjingane og prioriteringane for det nordiske ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk kjem i programperioden 2005–2008 til å vere retta mot følgjande innsatsområde:

  • næringsutvikling

  • mat og helse

  • biologisk mangfald og genetiske ressursar

  • kollektive verdiar

  • horisontale innsatsområde som forsking, utdanning, kompetanseoppbygging, informasjon og internasjonalt samarbeid

Handlingsprogrammet for 2005–2008 er nyskapande ved at det har ei tilnærming i arbeidet som skal sikre eit politisk heilskapsperspektiv i bruken av naturressursane og for alle prosessane gjennom heile verdikjeda. Konsumentens rett til sikre næringsmiddel og tilfredsstillande informasjon står sentralt, det same gjer auka verdiskaping og auka lønsemd i alle ledd. Handlingsprogrammet operasjonaliserer mange av målsetjingane i den reviderte strategien for eit berekraftig Norden, der Ministerrådet har eit heilt eller delt ansvar for ein vesentleg del av programmet.

Det er lagt stor vekt på samarbeidet med nærområdet. Samarbeidet med dei baltiske landa er omorganisert. Samarbeidet skal gå direkte til embetsmannsgruppene. Det er etablert ei embetsmannsgruppe for kvart av fagfelta fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk.

Det blir lagt opp til å utvikle samarbeidet etter kva som er dei baltiske landa sine interesser, kva dei evnar og kva dei prioriterer. Frå nordisk side blir det likevel teke initiativ til både informasjon og samarbeid. Til no har det praktiske samarbeidet i hovudsak gått føre seg innan genressursar, næringsmiddel, økologisk produksjon og skogbruk. Samarbeidet innan skogbruk og genressursar er komme lengst.

Neste nordisk-baltiske ministermøte skal haldast i Noreg 7.–8. november 2006, og er under planlegging. Prioriterte saker så langt er bygdeutvikling og bioenergi. Førre ministermøtet var i Tallinn i november 2003.

Ministrane vedtok på ministerrådsmøtet i Århus 30. juni 2005 ein deklarasjon om globaliseringa og fiskeindustriar, ei erklæring om landdistriktsutvikling, retningslinjer for nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet, ein deklarasjon om ny nordisk mat og ein resolusjon om veterinært beredskapssamarbeid. Det vart òg gjennomført ein nordisk ministerkonferanse i Nødebo i Danmark i august 2005, der skogministrane la fram ei erklæring om dei lokale verdiane skogen representerer.

Ministeravgjerdene i 2005 har vore eit viktig utgangspunkt for programmet til den norske formannskapen for EK-FJLS. Det skal haldast ein internasjonal konferanse i 2006 om økosystembasert forvaltning av levande marine ressursar. Avgjerdspunkta frå skogkonferansen i Nødebo og i erklæringa om landdistriktsutvikling blir følgde opp med konferansar, seminar og prosjekt. Det nordiske genressursarbeidet er analysert og utgreidd med sikte på å utforme ein meir heilskapleg struktur og å oppnå auka effektivitet i det nordiske arbeidet.

Førebuing av arbeidet til den norske formannskapen i 2006 har vore ei viktig oppgåve i 2005. Det årlege sommarmøtet i ministerrådet vart halde i Svolvær 6. juli 2006, og omfatta møte mellom ministrane og nordiske interesseorganisasjonar (NKO-møtet) og eit eige ministermøte. Som eit ledd i førebuinga av vedtakspunkt for temaet kyst-, skog- og landdistriktsutvikling vart det halde eit seminar i Bodø 4.–5. juli 2006. Seminaret hadde eit samordna opplegg og ei samordna tilnærming på heile ministerrådets ansvarsområde i samband med dette temaet. Lokal og regional forvaltning, næringslivet og organisasjonar vart trekte inn i førebuingsprosessen før ministrane behandla saka. Det vart lagt stor vekt på å sondere utsiktene for næringsutvikling knytt til turisme, kultur, opplevingar og helsetiltak.

På ministerrådsmøtet i Svolvær 6. juli 2006 gjorde ministrane ei rekkje vedtak om det nordiske samarbeidet innanfor ansvarsområdet til ministrane. Det var ministererklæring om kyst-, skog- og landdistriktsutvikling, om det framtidige nordiske samarbeidet om genetiske ressursar, om etablering av Svalbard globale frølager, om nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet, om veterinært beredskapssamarbeid i Norden og om bioenergi. Vidare vedtok ministrane Svolvær-deklarasjonen om ulovleg, uregulert og urapportert fiske.

Jordbruk og skogbruk

Jord- og skogbrukssektoren hadde eit budsjett for 2005 på 23,806 mill. DKK. Av dette går 19,766 mill. DKK (83 %) til dei nordiske institusjonane og dei permanente samarbeidsorgana i sektoren, som er Nordisk genbank (NGB), Samnordisk skogforsking (SNS), Nordisk genbank for husdyr (NGH), Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP) og Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ). Dei resterande midlane går til prosjektverksemd der samarbeidsprosjekt med andre sektorar er prioriterte. Budsjettet er stramt, og det er rom for vesentleg større innsats med felles nordisk nytte enn den budsjettet utløyser. Difor blir det lagt særleg vekt på god samordning med nasjonale satsingar og nasjonale finansieringskjelder.

Ei vidareutvikling av det nordiske samarbeidet om forsking og utdanning innan jord- og skogbruk har dei siste åra vore utgreidd av tre ulike grupper i regi av sekretariatet i Nordisk Ministerråd. Saka vart drøfta på ministerrådsmøta i Akureyri i 2004. Målet er i første omgang å styrkje samarbeidet innan matvarer og skog, der synergieffektane er størst. Dette utviklingsarbeidet blir følgt opp med søknader til NordForsk.

Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ) er eit kontaktorgan mellom dei nasjonale forskingsråda, og koordinerer ein omfattande forskingsaktivitet som blir finansiert nasjonalt. NKJ fungerer òg som rådgjevar for ministerrådet i forskingspolitiske saker innan jordbrukssektoren.

Strategiplanen for NKJ fokuserer på forsking for berekraftig jordbruksproduksjon, mattryggleik, distriktsutvikling og dyrehelse og dyrevelferd. Den strategiske hovudmålsetjinga er å sikre best mogeleg samordning av nordisk aktivitet innan jordbruksforskinga gjennom kontaktskapande verksemd, informasjonsutveksling, felles utgreiingsarbeid, nettverksbygging og samarbeid om konkrete forskingsprosjekt og -program. I vurderinga av prosjektsøknader blir det særleg lagt vekt på nordisk nytteverdi og forskingsmessig kvalitet. NKJ har sett ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut den framtidige rolla og funksjonen til NKJ på grunnlag av utviklinga i Nordisk Ministerråd, og då særleg på forskingsområdet.

Total økonomisk aktivitet i 2005 var 20,5 mill. NOK. I 2005 har det vore i gang åtte forskingsprosjekt i NKJ-regi med minst tre deltakande land, alle med nasjonal finansiering. Annan aktivitet er knytt til nettverksbygging, utgreiingar og støtte til arbeidsgrupper og symposium. Det er i 2005 løyvd midlar til tre nettverk, og det er sett ned ei arbeidsgruppe om kulturlandskapsforsking. Det nordiske budsjettet for NKJ var i 2004 på 710 000 DKK, som utløyste totalt 17,5 mill. NOK i nasjonal medfinansiering for til saman åtte nordiske forskingsprosjekt.

Den nordiske skogkonferansen i Nødebo i 2005 sette fokus på dei store verdiane skogane representerer for lokalsamfunnet, næringslivet, friluftslivet, turismen og for miljø og landskap. Følgjande vart vedteke:

  • at styrke dialogen om skovene lokalt mellem borgere, myndigheder, skovejere, erhverv og organisationer, bl.a. ved at synliggøre skovenes lokale og regionale værdier, og ved at opfordre lokale myndigheder til også at tage ansvar for skovenes værdier indenfor de rammer de har

  • at fremme anvendelsen af træ gennem styrket produktudvikling og markedsføring, bl.a. ved satsing på forskning og udvikling af materialteknologi m.m., og ved information og bevidstgørelse om træ som et miljøvenligt, bæredygtigt fremstillet materiale

  • at styrke skovejernes og forarbejdningsvirksomhedernes muligheder for lønsom drift ved at identificere og fjerne unødvendige hindringer og regler

  • at fremme forvaltning af skove og brug af træprodukter med henblik på at forbedre det lokale og globale miljø, bl.a. gennem brug af bioenergi fra skovene, skovrejsning og bæredygtig skovdrift til at imødegå forurening og klimaforandringer, samt at beskytte grundvandet og fastholde og udvikle den natur og biologiske mangfoldighed, som findes i skovene

  • at udvikle sammenhængen mellem skovenes lokale værdier og kommunernes muligheder for at udnytte disse til at skabe attraktive by- og boligmiljøer, styrke den kommunale service og videreudvikle gode rekreationsmuligheder og friluftsoplevelser, bl.a. i forhold til forskellige befolkningsgrupper i lokalsamfundet

  • at fremme værdiskabning bl.a. gennem et målrettet og styrket nordisk forskningssamarbejde igennem SamNordisk Skogforskning med bred inddragelse af skovbrugets interessenter

EK-Skogbruk i embetsmannskomiteen for fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk har drøfta oppfølging av denne ministererklæringa, og den norske formannskapen har lagt fram forslag til konkret oppfølging av kulepunkta i erklæringa.

Forskingssamarbeidet i skogsektoren i Norden er organisert i Samnordisk skogforsking (SNS). Målsetjinga til SNS er å arbeide for auka samarbeid og synergieffektar innan den nordiske skogforskinga, først og fremst når det gjeld forsking på dei mangfaldige funksjonane til skogen og på berekraftig skogbruk. SNS er òg rådgjevar for ministerrådet i skogpolitiske forskingsspørsmål. SNS arbeider for å fremje forsking og nettverksbygging både i Norden, i EU og i nærområda. Dei baltiske landa er i høg grad trekte inn i det nettverkssamarbeidet som skjer innanfor SNS, og i nokon grad i FoU-prosjekt. Det tilsvarande samarbeidet med Nordvest-Russland er førebels mindre omfattande.

I 2005 har SNS støtta ni forskingsprosjekt og sju nettverksaktivitetar. Den nasjonale medfinansieringa var 71 % for prosjekta og ca. 50 % for nettverksaktivitetane. Etter ein utgreiingsfase utlyste SNS midlar til avanserte nordiske forskingsnettverk (CAR). SNS vedtok å støtte fire CAR-søknader for ein femårsperiode frå og med 2005 og ytterlegare ein CAR-søknad frå og med 2006. SNS-støtta er 400 000–500 000 NOK i året, og CAR-støtta utgjer 4–8 % av driftsbudsjettet til den enkelte CAR. Det er etablert CAR på følgjande fagområde: bynært skogbruk, miljøgode frå skog, skogleg genetikk og planteforedling, driftsteknikk i skogbruket og skogspatologi.

Treforsking er eit satsingsområde i Norden og i fleire andre europeiske land. SNS har delteke i EUs ERA-nettprosjekt WoodWisdom-Net , http:// www.woodwisdom.net/, som starta i 2004. Nettverksaktiviteten står under finsk leiing, og SNS er ein av 19 partnarar. Målet er å planleggje og gjennomføre ei felles utlysing av FoU-midlar i 2007 innanfor temaet Wood Material Science . SNS har vidare medverka med fagleg og økonomisk støtte til utarbeiding av ein omfattande prosjektsøknad (EFORWOOD2) til det sjette EU-rammeprogrammet. EFORWOOD vart igangsett i 2005, omfattar 38 organisasjonar frå 21 land og har eit budsjett på ca. 20 mill. euro, ca. 13 millionar av desse frå EU. SNS har i samarbeid med forlaget Taylor & Francis etablert eit nytt vitskapelig tidsskrift, Wood Material Science and Engineering .

Dei nordiske landa har stor nytte av samarbeidet om å kartleggje, bevare og utnytte dei genetiske ressursane og det biologiske mangfaldet i Norden. Biologisk diversitet er ein føresetnad for eit berekraftig landbruk og for mattryggleiken i Norden og verda elles. Strategien for genetiske ressursar for fiskeri, jord- og skogbruk og næringsmiddel 2005–2008 fastset dei overordna retningslinjene for gensamarbeidet i Norden dei kommande åra, o­g dei skal implementerast av dei nordiske samarbeidsorgana Nordisk genbank (NGB), Nordisk genbank for husdyr (NGH) og Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP). Nye utfordringar som er tekne opp, er m.a. forvaltning av enkelte ville genetiske ressursar og visse emne av politisk interesse, t.d. genmodifiserte organismar og føretakets rolle, engasjement og nytte innan forvaltning av genetiske ressursar.

Det sterke nordiske samarbeidet om genetiske ressursar har medført at Norden har fungert som ein modell for resten av verda når det gjeld regionalt samarbeid på området, og strategien for genressurssamarbeidet vektlegg framleis eit høgt engasjement i internasjonale spørsmål og internasjonale organisasjonar.

Dei politiske tilrådingane blir rekna som viktige både for det felles arbeidet om bevaring av frø i Nordisk genbank og for det vidare samarbeidet mellom dei nordiske landa. Det omfa­ttar genetisk materiale i Nordisk genbank (NGB), genetiske ressursar for enkelte ville vekstar og domestiserte artar av plantar, husdyr, skog og fisk. Deklarasjonar er òg viktige innspel til dei internasjonale prosessane på dette området.

Samarbeidet om bevaring og bruk av genetiske ressursar er svært høgt prioritert i det nordiske jord- og skogbrukssamarbeidet. Om lag halvparten av midlane i landbrukssektoren går til dette området. Vidare er det lagt vekt på kompetanseoppbygging og samordning gjennom m.a. opprettinga av ei tverrgåande informasjonsteneste. Nordisk genressursråd fungerer som eit rådgjevande organ for ministerrådet, og har medverka til å sikre tverrsektoriell koordinering av arbeidet i miljøsektoren. Det er lagt vekt på auka koordinering med og mellom nasjonale program som utfyller arbeidet i genbankane.

Det er sett i gang eit arbeid for å utvikle ny organisasjonsstruktur for det nordiske genressurssamarbeidet som er fordelt på mange einingar. Målet er å komme fram til ein enklare struktur som legg eit godt grunnlag for samordning og effektivisering. Saka vart drøfta på ministerrådsmøtet i Svolvær 6. juli 2006, der det vart vedteke ei ministeravgjerd for det vidare organisasjonsarbeidet.

Nordisk genbank for plantar (NGB) hadde i 2005 ein total omsetnad på 21,963 mill. SEK. NGB er blitt ein internasjonalt respektert organisasjon som samarbeider med mange organisasjonar òg utanfor det nordiske området, og stiller sin ekspertise til rådvelde i Europa, Afrika og Asia. NGB er medlem av The Global Biodiversity Information Facility (GBIF) og medverkar m.a. med kompetanse innan genbankverksemd.

I 2005 er arbeidet med innsamling og dokumentasjon av plantegenetiske ressursar i Norden vidareført. Det er arbeidd med tryggleiken for kolleksjonane, og det vil vere nødvendig å finne uavhengige lokalitetar for å oppbevare basiskolleksjonen.

Nordisk genbank for husdyr (NGH) har som føremål å vere eit kompetansesenter for verdiskaping med utgangspunkt i dei husdyrgenetiske ressursane i Norden. Omsetnaden i 2005 var på 4,214 mill. NOK. Verksemda skal fremje verdiskaping, føremålstenleg bevaring og berekraftig utvikling av dei genetiske ressursane hos husdyr gjennom nettverksorganisering og samarbeid i genressursarbeidet i Norden. Informasjonsarbeidet er særleg viktig for å skape forståing i Norden for berekraftig bevaring og bruk av dei husdyrgenetiske ressursane og for verdiane, teknologien og kompetansen som desse ressursane representerer for heile Norden. Inneverande strategi gjeld for 2004–2009.

Nordisk genbank for husdyr (NGH) har ansvaret for samarbeidet i Norden om dei husdyrgenetiske ressursane. NGH arbeider i perioden 2004–2009 etter ein strategi som representerer ein forsterka innsats i dette arbeidet. NGH skal vere eit kompetansesenter og ein pådrivar for bevaring og berekraftig utnytting av genressursane. NGH skal drive kunnskapsformidling og informasjon, nettverksarbeid, forsking og teknologiutvikling. Ansvaret for det praktiske arbeidet ligg hos dei nasjonale genressursutvala og avlsorganisasjonane.

Oppfølging av ministerrådsstrategiane for berekraftig ressursbruk har vore det berande elementet i arbeidet med husdyrgenetiske ressursar. I samband med dette har det vore viktig å få fokus på slike endringar i politikk og praktisk forvaltning av husdyrgenetiske ressursar som må til for å oppnå berekraft. To prosjekt er avslutta i løpet av året og har resultert i auka felles nordisk kompetanse. NGH fungerer òg som kontaktorgan overfor FAO-avdelinga for husdyrgenetiske ressursar, og følgjer opp utarbeidinga av ein verdsomspennande tilstandsrapport om husdyrgenetiske ressursar som er eit ledd i revisjonen av den globale strategien for forvaltning av husdyrgenetiske ressursar.

Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP) har som ledd i oppfølginga av den nordiske genressursstrategien innleidd eit samarbeid med Samnordisk skogforsking (SNS) for å utvikle eit rasjonelt og effektivt nettverk mellom NSFP og SNS på området skogsgenetiske ressursar. Arbeidet med skogsgenetiske ressursar er òg i ferd med å bli kopla sterkare til arbeidet med plante- og husdyrgenetiske ressursar. NSFP har fått tilført ekstra midlar for å vidareutvikle dette nettverket.

Nordisk organ for reindriftsforsking (NOR) er eit samarbeidsorgan for rein- og reindriftsforskinga i Norden. Sekretariatet ligg i Tromsø. Dagens vedtekter inneber eit utvida arbeidsområde for NOR då både natur- og samfunnsvitskaplege oppgåver skal varetakast. Hovudoppgåva er å fremje forsking og forskingssamarbeid til nytte for reindriftsnæringa i dei nordiske landa. Det blir arrangert konferansar og seminar der næring, forvaltning og forskingsmiljø møtest til kompetanseutvikling og informasjonsutveksling. Tidsskriftet Rangifer kjem ut to gonger i året og dekkjer både grunnforsking og anvend forsking.

NOR vil medverke til å setje reindriftsrelaterte problemstillingar på det internasjonale sakskartet. Ei synleggjering av kulturen, utfordringane og problema til urfolka vil kunne gje dei auka status og betre framtidsutsiktene i dei sirkumpolare områda. Noreg vil framheve den viktige rolla NOR har som samarbeidsorgan innan forsking og kunnskapsformidling, og vil prioritere dette arbeidet i tida framover. NOR har ei sentral rolle i samarbeidet mellom dei nordiske landa og som bidragsytar til rein- og reindriftsforvaltninga i departementa.

Arktisk råds program for berekraftig utvikling vart vedteke på ministermøtet i Canada i 1998. Innanfor programmet er ei rekkje prosjekt gjennomførte, deriblant prosjekt for å undersøkje leveforhold og samfunnsutvikling i Arktis, berekraftig reindrift og foredling av reinprodukt. I september 2005 vart det internasjonale fag- og formidlingssenteret for reindrifta opna i Kautokeino. Senteret skal medverke til å ta vare på dei tradisjonelle kunnskapane i reindrifta og fremje kjennskap til og forståing av reindrifta. Senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Utanriksdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, og AID har hovudansvaret for oppfølginga av senteret.

Det siste tiåret har det vore eit nært samarbeid mellom landbruks- og miljøsektoren om berekraftig jord- og skogbruk. Samarbeidet er formalisert gjennom ei felles styringsgruppe med budsjett finansiert av dei to sektorane. Strategien for landbruksmiljøsamarbeidet er utforma for å operasjonalisere målsetjingane i den reviderte berekraftstrategien som berører sektoren. Det er gjennomført prosjekt om kulturlandskapet i jordbruket, utgreiingar om rettane til genressursar, naturvern i skog og utslepp av klimagassar frå jordbruket.

Fiske og fangst

Det overordna målet for det nordiske fiskerisamarbeidet er å verke for ei berekraftig utvikling i fiskerisektoren i dei nordiske landa og for eit godt havmiljø som skal medverke til å sikre konsumentane høve til å velje trygg sjømat av god kvalitet. Denne målsetjinga inneber at ei berekraftig utnytting av dei levande ressursane i havet og vernet av dei marine økosystema i dei nordiske landa utgjer eit grunnleggjande element i det nordiske fiskerisamarbeidet. Det er særleg viktig at det nordiske fiskerisamarbeidet blir brukt til å setje i verk aktivitetar som har relevans for dei mest fiskeriavhengige områda. Det nordiske fiskerisamarbeidet skal byggje på fiskeripolitikken i dei enkelte landa og medverke til å finne fram til felles løysingar på område der samarbeid gjev betre resultat enn nasjonale ordningar.

Fiskerisamarbeidet er organisert under ministerrådet for fiskeri, jord- og skogbruk og næringsmiddel (MR-FSJL). Embetsmannskomiteen for fiskeri og havbruk, EK-FJLS (fiskeri og havbruk), og ministerrådssekretariatet førebur og initierer verksemda. Samarbeidet blir styrt av fireårige samarbeidsprogram. For inneverande fireårsperiode er det utarbeidd eit felles handlingsprogram i samarbeid med jord- og skogbrukssektoren og næringsmiddelsektoren. Handlingsprogrammet er eit overordna program som omfattar den totale verksemda innanfor heile matministerrådet. Programmet søkjer å gjennomføre og operasjonalisere viktige element i den nordiske strategien for berekraftig utvikling. Det er dei enkelte embetsmannskomiteane som skal følgje opp handlingsprogrammet på sine respektive fagområde, men med eit sterkare fokus på tverrfagleg samarbeid. EK-FJLS (fiskeri og havbruk) fokuserer såleis òg i inneverande periode på berekraftig forvaltning av dei marine ressursane og eit godt havmiljø som basis for ernæringsmessig sunne og trygge matvarer, og på å medverke til å fremje dei fiskeripolitiske målsetjingane som landa arbeider etter.

Nordisk arbeidsgruppe for fiskeriforsking (NAF) har ei rådgjevande rolle for EK-FJLS (fiskeri og havbruk) i forskings- og utviklingsrelaterte emne, og skal initiere nye innsatsområde innan forsking og utvikling. NAF skal òg utføre forskingsfagleg vurdering av prosjektsøknader. NAF har utarbeidd ein arbeidsplan for perioden 2005–2008. Det generelle føremålet med planen er:

  • å styrkje miljøa for forsking og utvikling på område der Norden allereie har god kunnskap og kompetanse, for såleis å medverke til å gje næringslivet auka konkurransekraft og å dekkje dei forskingsbehov styresmaktene har

  • å medverke til ei arbeidsfordeling og ein struktur der landa kompletterer kvarandre i kunnskap, kompetanse og infrastruktur for å unngå overlappande og ressurskrevjande verksemd

  • å styrkje Norden som ei felles plattform i konkurransen om forskingsmidlar innan EU og internasjonalt, og å arbeide for betre koordinering og integrasjon i Europa av nasjonal og regional forsking

Det er utarbeidd prioriterte tema og tiltak for oppfølging som dekkjer fleire delområde, m.a. undervisning, ressursforvaltning, trygg og sunn mat m.m. NAF og Nordisk miljø- og fiskeristrategi vil på fleire område samordne aktivitetar. Samarbeidet med Baltikum og Nordvest-Russland vil få auka fokus. Nordisk miljø- og fiskeristrategi (MiFi) er eit tverrsektorielt samarbeid mellom miljø- og fiskeristyresmaktene i dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda. Samarbeidet er nærare omtala under kapittel 5.5 Tverrfagleg miljøsamarbeid.

MR-FJSL har i 2006 eit samla budsjett på 37,8 mill. DKK. Til fiskerisida og næringsmiddelsida er det løyvd høvesvis 7,4 og 6,9 mill. DKK.

Sidan Island i sin formannskapsperiode i 2004 framheva «Nordens ressursar», har det vore naturleg å ha fokus på havet og havressursane. Ein har prioritert samanhengen mellom havklima, bestandsutvikling og forvaltning. I samarbeid med miljøsektoren vart det arrangert ein konferanse om tiltak for å verne havmiljøet. Det har i perioden vore merksemd rundt bruken av havet i framtida, og i denne samanhengen er det lagt auka vekt på forståing og dialog mellom aktørar som haustar og forvaltar ressursane i havet. Det blir arbeidd for å ta i bruk reiskapar som er skånsame mot havmiljøet og som medverkar til å redusere uønskt bifangst. Ein er oppteken av å auke kunnskapen om samspelet mellom artane i det marine økosystemet og å bidra til at fiskeriøkonomi blir ein del av forvaltninga. Det blir arbeidd for å styrke kunnskapen om havet gjennom auka rekruttering til forsking og utdanning. Vidare støttar det nordiske fiskerisamarbeidet opp om internasjonale prosessar og tilbyr nordisk kunnskap med sikte på å oppnå politiske endringar som er viktige for den framtidige forvaltninga av havet.

Vidare er ein utvida dialog mellom fiskeri- og miljøforvaltninga ønskjeleg, og det er planlagt fleire dialogmøte mellom fiskarar, forvaltarar og forskarar både i Norden og i nabolanda våre og andre som haustar av dei same ressursane.

I 2001 var Island vertskap for ein konferanse om Responsible Fisheries in the Marine Ecosystem , som vart arrangert i samarbeid med FNs matvareorganisasjon ( Food and Agriculture Organisation , FAO) og med støtte frå Noreg. Under den norske formannskapen i 2006 blir det arrangert ein konferanse i Bergen i perioden 26.–28. september 2006 med tittelen Implementing the Ecosystem Approach to Fisheries . Konferansen byggjer vidare på konferansen som vart halden på Island i 2001. Bergens-konferansen blir arrangert av Nordisk Ministerråd og styresmaktene i Noreg og Island, med teknisk bistand frå FAO og andre. Føremålet med konferansen er mellom anna å revidere omgrep og sjå på problemstillingar knytte til implementering av økosystembasert forvalting innanfor fiskeria, å utveksle erfaringar som er gjorde så langt og å sjå på strategiar for korleis ein best kan arbeide vidare for å leggje til rette for implementering av økosystembasert forvaltning i praktisk fiskeriforvaltning. Konferansen vil ha brei internasjonal deltaking.

Nordisk ministermøte for fagområda fiskeri og havbruk, jord- og skogbruk og næringsmiddel vart halde i Svolvær i Lofoten 5.–7. juli 2006. Ministermøtet vedtok Svolvær-deklarasjonen om IUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregistrert fiske). Erklæringa oppmodar dei nordiske landa, innanfor ramma av internasjonale fiskeriorganisasjonar, til å arbeide for å opprette lister for heile Atlanterhavet der fartøy som deltek i IUU-fiske blir førte opp. Vidare støtta ministerrådet arbeidet i Nordatlantisk fiskerikommisjon (NEAFC) med å innføre eit hamnestatregime for medlemsland og samarbeidande land, og det vart oppfordra til å delta aktivt i utviklinga av eit rettsleg bindande dokument for hamnestatkontroll innanfor FAO. Dei nordiske landa vart òg oppmoda om å styrkje samarbeidet om ressurskontroll og å arbeide for internasjonalt harmoniserte standardar og system for sporing av fisk og fiskeprodukt.

Mattryggleik og ernæring

Det nordiske samarbeidet på området er leidd av embetsmannskomiteen for næringsmiddel, EK-FJLS (næringsmiddel), under embetsmannskomiteen for fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk. EK-FJLS (næringsmiddel) arbeider med prinsipielle spørsmål knytte til matkjeda, og fungerer som eit kontaktnett for å innhente informasjon, samordne forvaltninga og koordinere dei nordiske innspela i internasjonale forum. Den norske deltakinga i komiteen er frå Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet. Målsetjingar og innsatsområde for arbeidet i EK-FJLS (næringsmiddel) er fastlagde i handlingsprogrammet for nordisk fiskeri, jord- og skogbruk og næringsmiddelsamarbeid 2005–2008 og i kapitlet om mattryggleik i den nordiske berekraftstrategien.

EK-FJLS (næringsmiddel) legg no større vekt på matpolitikken enn tidlegare, samtidig som det faglege arbeidet blir vidareført. Som ei oppfølging av omstruktureringa og etableringa av ministerrådet for fiskeri, jord- og skogbruk og næringsmiddel er det gjort ein gjennomgang av arbeidsgruppestrukturen under EK-FJLS (næringsmiddel). Ein ny arbeidsgruppestruktur under komiteen er under etablering på næringsmiddelområdet, og er venta iverksett frå 1. januar 2007.

På området for mat og helse er det overordna målet mangfald av sunne og trygge matvarer av god kvalitet som gjev forbrukarane høve til å velje eit kosthald som medverkar til god helse.

Det nordiske samarbeidet omhandlar lovgjeving, kontroll, toksikologi, mikrobiologi og kjemi knytt til mat, kost- og ernæringsspørsmål, forbrukarinformasjon, dyrevelferd og dyrehelse og koordinering av nordiske synspunkt i aktuelle internasjonale forum. Planlegginga av samarbeidet på dei spesifikke områda rettar seg etter det heilskapsperspektivet som «frå jord og fjord til bord»-tankegangen er uttrykk for.

Det vert lagt vekt på at risikovurderingar systematisk skal utgjere eit vesentleg element i arbeidet med å oppretthalde det høge vernenivået som er ønskt. Det er eit overordna mål å satse på å utvikle strategiar for å påverke heile matkjeda for å redusere risikoen for helseskadelege stoff i sluttprodukta mest mogeleg. Dei nordiske landa er einige om å leggje risikoanalyse og føre-var-prinsippet til grunn når det blir teke avgjerder på matområdet.

Det nordiske samarbeidet på matområdet har utvikla seg sterkt i dei seinare åra. Fråsegna som vart vedteken av ministermøtet for fiskeri-, jord- og skogbruksspørsmål og næringsmiddel på Grønland i august 2002, viser at dei nordiske landa er einige om å arbeide saman for å få auka innverknad i internasjonale organisasjonar og prosessar og for å sikre effektiv forbrukarpåverknad i avgjerdsprosessar ved utvikling av reglar om mat og om kontroll av mat. Erklæringa er blitt følgd opp i 2003, 2004, 2005 og 2006 gjennom fleire prosjekt og tiltak.

Samarbeidet utviklar seg dynamisk i takt med endra samfunnsmessige vilkår og nye krav. Globaliseringa av matproduksjonen og handelen med mat har forsterka behovet for internasjonale strategiar og reglar. Handteringa av matvarer er i stor grad flytta frå heimen til industrien, og ei rask teknologisk utvikling har akselerert produktutviklinga. Saman med eit stadig større omfang av internasjonal handel har dette ført til vesentleg større variasjon i tilbodet av matvarer.

Helserisikoar i tilknyting til mat er i aukande grad tema i samfunnsdebatten. Den politiske prioriteringa av å sikre trygg mat har difor auka i den industrialiserte verda. Matområdet er skjeringspunktet mellom forbrukar og helsevern og mellom miljøomsyn og næringsinteresser. Ulike interesser hos alle partar dannar grunnlaget for samarbeidet mellom dei nordiske landa på området, men i lys av det ovannemnde blir særleg område som er relevante for forbrukarhelsa prioriterte.

Grunnpilarane i samarbeidet på matområdet er undersøking og kartlegging av faglege problemstillingar som kan danne grunnlag for politiske og administrative vedtak i dei nordiske landa, og som kan danne eit felles grunnlag for det arbeidet landa gjer i internasjonale forum som EU, Codex Alimentarius og Den internasjonale dyrehelseorganisasjonen (OIE).

Det nordiske samarbeidet på mattryggleiks- og ernæringsområdet er erfaringsmessig av stor nytte. Samarbeidet gjev mellom anna større sjansar til å vinne fram med synspunkt i EU-systemet, både når det gjeld nytt regelverk, utvikling av regelverk og tolkingar av eksisterande regelverk. Utsiktene for å nå fram er mykje større når ein står samla. Dette inkluderer òg eit felles nordisk verdigrunnlag. Det nordiske samarbeidet skaper nettverk som gjer det lett å ta kontakt for å utveksle kunnskap og informasjon, både formelt og uformelt.

Det blir lagt vekt på arbeidet med ernæring, og spesielt på aspekt ved kosthaldet og dei verkemidla ein til kvar tid meiner er viktigast for helsa i dei nordiske landa. Ein ønskjer å vere med på å få i stand kosthaldsendringar som fremjar god helse, særleg mindre inntak av metta feitt og auka forbruk av frukt og grønsaker. Prosjekt som skal greie ut tiltak som kan medverke til å stanse det aukande innslaget av overvekt i befolkninga, blir prioriterte.

I august 2004 sette Nordisk Ministerråd i gang arbeidet med å utvikle ein nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom sunne matvanar og fysisk aktivitet. Ei prosjektgruppe utarbeidde avgjerdsgrunnlag for ministerrådet, og handlingsplanen vart vedteken av ministerrådet for fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial og helse (MR-S) 6. juli 2006. Ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for den helsefremjande innsatsen er utarbeidinga av Nordiska näringsrekommendationer . Ei fjerde revidert utgåve med tilrådingar om fysisk aktivitet kom ut i 2005.

Stadig raskare forandringar i produksjonsteknologi, internasjonal handel, tilbod og forbruk gjer at ein i Norden i aukande grad treng å styrkje kunnskapen om forandringar i ernæringssituasjonen og samansetjinga av matvarene. Det trengst òg meir kunnskap om kosthaldsrelaterte helseproblem og risikogrupper. Beriking av matvarer er eitt eksempel på korleis samansetjinga av maten kan forandrast, og er eit aktuelt tema i EU. Tidlegare har dette berre vore gjort når det har vore behov for å førebyggje manglar. Ein aukande trend er at ein tilset matvarene næringsstoff og andre stoff med fysiologisk effekt for å gjere dei meir attraktive for forbrukarane. Dette kan føre til at inntaket av næringsstoff og stoff med fysiologisk effekt i somme tilfelle kan bli for høgt. Det kan vere behov for å lage felles nordiske strategiar for korleis spørsmål om tilsetjing av vitamin, mineral og andre stoff med ernæringsmessig/fysiologisk effekt skal løysast. Dette er òg viktig når det gjeld bruk av helsepåstandar, og generelt i spørsmål om merking.

Det blir sett som viktig å styrkje innsatsen på desse områda:

  • matvaresamansetjing – utviklinga i kosthaldet og ernæringssituasjonen i befolkninga generelt og i ulike grupper

  • tilsetjing av vitamin, mineral og andre stoff med ernæringsmessig/fysiologisk effekt; risikovurderingar

  • ernæringsmessige aspekt ved merking og mark­nadsføring

  • tiltak for å førebyggje overvekt

  • tilgang på matvarer av god kvalitet som gjer det mogeleg å velje eit sunt kosthald

På ministerrådsmøtet i Århus i 2005 vart det vedteke ein resolusjon om veterinært beredskapssamarbeid i Norden (Århusdeklarasjonen), der det mellom anna vart peika på behovet for ein strategisk plan for nordisk beredskapssamarbeid, felles beredskapsøvingar, felles utdanning av personale, utlån av personale og utstyr og vaksineberedskap. Den nordiske arbeidsgruppa for dyrehelse og dyrevern, som vart etablert i 2005, har følgt opp resolusjonen med fleire tiltak. Mellom anna vart det hausten 2005 arrangert ei større grenseoverskridande beredskapsøving for munn- og klauvsykje der dei nordiske landa deltok. Vidare vart ein ny strategiplan for det veterinære beredskapssamarbeidet i Norden vedteken av ministerrådet for fiskeri og havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) 6. juli 2006.

Det blir gjennomført ei rekkje prosjekt. Prosjektet om indikatorar for berekraftig utvikling av mattryggleik i Norden kom i gang i 2003, og har utarbeidd rapporten Hållbar utveckling – en ny kurs för Norden med forslag til 11 indikatorar som blir rekna som relevante for perioden 2005–2008. Rapporten inneheld mål- og innsatsbeskrivingar for dei ulike indikatorane.

Der er eit ønske om å styrkje det nordiske samarbeidet om forsking og utdanning innan fiskeri, jordbruk, skogbruk og mat, og det vil difor bli sett av ein del ressursar til dette. Innleiingsvis vil ein sjå nærare på korleis ein kan få i stand forskingssamarbeid om spesielle tema og korleis det kan etablerast forskingsnettverk innan slike tema.

Noreg leier eit prosjekt om modernisering av den offentlege kjøtkontrollen på nordisk plan. Prosjektet skal avsluttast innan utgangen av 2006. Dei nordiske landa har ein epidemiologisk situasjon som er ganske lik, og det er behov for ei fornying og oppdatering av kjøtkontrollen til beste for forbrukarane. Hovudmål for prosjektet er å undersøkje og teste løysingar for å oppnå ei effektiv, praktisk og framtidsretta gjennomføring av EU-reglane for kjøtkontroll basert på zoonose-situasjonen på nordisk plan, og å gje innspel til EU-kommisjonen for å oppnå ein reelt risikobasert kjøtkontroll som i større grad er integrert i slakteriet. Samtidig som prosjektet er viktig for å etablere eit kjøtkontrollregime som er effektivt ut frå situasjonen i kjøtproduksjonen i dag, er det òg viktig å oppretthalde og eventuelt forbetre tilliten til kjøtkontrollen både hos forbrukarane og ved internasjonal handel. Eit nordisk seminar om kostnader og finansiering av kjøtkontrollen vart halde i mai 2006.

Det er etablert ei nordisk prosjektgruppe med representantar frå ansvarleg styresmakt for dyrevernregelverket med tanke på å samordne tolkinga av den nye transportforordninga for EU. Dette er nyttig for å sikre ei god og mest mogeleg einsarta implementering av dette regelverket. Gruppa skal i denne samanhengen òg sjå på korleis nasjonale særregelverk for transport av dyr kan samordnas, og skal prøve å formulere ein felles nordisk strategi for å fremje dyrevelferdsspørsmåla i det internasjonale regelutviklingsarbeidet. Arbeidsgruppa for dyrehelse og dyrevern samarbeider òg med andre om fellesnordiske utfordringar, mellom anna risikobasering av tilsynsutøvinga i dei respektive landa.

Det nordiske samarbeidet på området materiale i kontakt med næringsmiddel er svært konstruktivt. Det er for tida høg aktivitet i nettverksgruppa, som held arbeidssamlingar og seminar på tre område, nemleg papp/papir, plastmateriale og eigenkontroll/dokumentasjon. I tillegg blir det halde formøte i samanheng med møte i EU-kommisjonens arbeidsgruppe for Food Contact Materials . Den nordiske nettverksgruppa held òg møte med kollegaer i andre EU-land og med næringslivet. Dette er eit område der regelverksutviklinga er i ein tidlig fase i EU, og der det er gode utsikter til å påverke framtidig regelverk gjennom eit nordisk samarbeid.

Fokuseringa på organiske miljøgifter er aukande i EU. EU har nyleg fastsett nye grenseverdiar på området dioksin og dioksinliknande PCB. Det europeiske organet for næringsmiddeltryggleik (EFSA) har nettopp risikovurdert ikkje-dioksinliknande PCB for første gong. I EU ønskjer ein å trappe opp overvakinga av både desse og andre organiske miljøgifter i åra fram til 2009. Samtidig er nye miljøgifter stadig i fokus, både i forskinga, i EU og i media. Mattilsynet har difor initiert eit prosjekt som har som mål at ein i felles nordisk samarbeid skal identifisere kva for nye organiske miljøgifter som representerer ein risiko med omsyn til trygg mat. Målet er å kunne ha felles nordiske initiativ overfor EU.

Overvaking og kontroll av fôrvarer utgjer ein viktig del av arbeidet med å sikre mattryggleik frå jord og fjord til bord. Erfaringane dei siste åra har vist korleis kontaminert fôr kan påverke mattryggleiken. Utveksling av erfaringar med nordiske kollegaer er med på å effektivisere vår eigen kontroll på dette område. Noreg har her eit spesielt ansvar for å sjå til at omsynet til fiskefôr blir vareteke på ein forsvarleg måte. Nordiske styresmakter har sidan 1990 hatt felles møte for å diskutere dette, og dei første åra omfatta møta i tillegg kontroll av gjødsel og jordforbetringsmiddel. Nordisk Ministerråd har ytt finansiell støtte, og møta har stort sett vore haldne ein gong i året. Dei tre siste åra har òg dei baltiske landa delteke. Føremålet med møta har vore å diskutere implementering og praktisering av det regelverket som blir vedteke i EU. Det er avgjerande viktig at dei som står for det nasjonale tilsynet, får møte nordiske kollegaer for å utveksle informasjon. Det gjer det dessutan lettare å samarbeide om saker der til dømes salmonellahaldig fôr er importert til fleire land.

Det nordisk-baltiske samarbeidet på matområdet tek utgangspunkt i dei såkalla Tallinn-erklæringane, som vart vedtekne på den nordisk-baltiske ministerkonferansen i Tallinn i 2003.

I erklæringa om framtidig samarbeid mellom dei nordiske og baltiske landa i perioden 2004–2006 er det uttrykt semje om auka samarbeid og konsultasjonar innan landbruk, skogbruk, fiskeri og mat.

Erklæringa om trygg mat støttar opp om auka samarbeid for å styrkje mattryggleiken i regionen med fokus på å utvikle måtar å samhandle på for å oppnå sterkare påverknad i internasjonalt samarbeid. Samarbeidet skal setje landa i regionen i stand til å bli ei drivkraft på mattryggleiksområdet. Prioriterte innsatsfelt i perioden er sporing, zoonosar (sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske), dioksin og eit effektivt system for matkontroll ut frå heilkjede-tankegangen.

Den tredje erklæringa har til mål å utvikle økologisk mat og landbruksproduksjon i dei nordiske og baltiske landa.

Som oppfølging av Tallinn-erklæringa om auka samarbeid og konsultasjonar innan landbruk, skogbruk, fiskeri og mat vart den nordisk-baltiske embetsmannskomiteen for næringsmiddel (CSO-NB8-Food) konstituert i november 2004. CSO-NB8-Food har i oppgåve å identifisere felles prosjekt og aktivitetar og å vurdere utviklinga i det vidare samarbeidet. Komiteen møtest ein gong i året.

På møtet i CSO-NB8-Food i 2005 vart det avgjort at ein skulle arbeide vidare med den eksisterande strukturen med to arbeidsgrupper som fokuserte på høvesvis mattryggleik og ernæring, samtidig som det var behov for ein ny gjennomgang av mandat og finansieringsmodell.

På bakgrunn av dette vart det på møtet i CSO-NB8-Food i mars 2006 avgjort at ein skulle utvide mandatet til den tidlegare Food Control Group slik at gruppa dekkjer eit vidare felt og har eit meir heilskapleg ansvarsområde. Den nye arbeidsgruppa NordBalt Food Chain Group har ansvar for mat­tryggleiken i heile matkjeda, medrekna plantehelse og dyrehelse relatert til mattryggleik, og dyrevelferd for produksjonsdyr, medrekna fisk.

Den andre arbeidsgruppa, det nordisk-baltiske nettverket for ernæringsarbeidet ( Nordic Baltic Network on Public Health Nutrition ) arbeider vidare i si noverande form ut 2006. Temaet er framleis erfaringsutveksling om tiltak for å overvake og påverke kosthaldet i befolkninga. I 2006 fokuserer nettverket på førebygging av overvekt, særleg blant barn og unge, metodar for kosthaldsundersøkingar blant barn og vitamin–D–status hos befolkninga i dei baltiske statane. Det siste temaet har samanheng med at delar av befolkninga i dei nordiske landa ikkje har tilfredstillande vitamin–D–status, noko det blir arbeidd med å forbetre, og ein mistenkjer dette for å vere tilfelle òg i dei baltiske landa.

Vestnordisk forum er eit nettverkssamarbeid mellom Grønland, Island, Færøyane og Noreg der òg Grønlandskontoret i Danmarks Fødevaredirektorat deltek. Det skal aktivt støtte utviklinga av tilsynssystema i landa. Noreg står for leiinga av forumet. Forumet er i vesentleg grad basert på erfaringsutveksling mellom landa og på kompetanseoverføring, særleg til Grønland, Island og Færøyane. Det er eitt årleg møte som alternerer mellom Grønland, Island, Færøyane og Noreg.

6.6 Økonomi- og finanspolitikk

Samarbeid på det økonomiske området

Den økonomiske politikken og konjunkturutviklinga i dei nordiske landa er eit sentralt og fast punkt når finansministrane møtest.

Hovudmålet for den økonomiske politikken i alle dei nordiske landa er høg og haldbar vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisauke. I åra framover vil aldringa i befolkninga leggje auka press på offentlege finansar. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på høg yrkesdeltaking og på å styrkje statens formuesposisjon. Dette kjem til uttrykk i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om jamne budsjettoverskot for offentleg sektor.

Dei nordiske landa har hatt sterk vekst dei siste åra. Etter lågkonjunkturen på byrjinga av tiåret har BNP-veksten i dei nordiske landa teke seg markert opp sidan 2004. Den stigande aktiviteten har i dei fleste landa primært vore driven av høgt privat konsum. Fallande arbeidsløyse, høge bustadprisar og låge renter stimulerer forbruksveksten og fører til solid økonomisk vekst òg i år. Den gode internasjonale veksten gjer òg sitt til at eksporten i fleire av dei nordiske landa veks sterkt. For 2007 er det venta at avtakande aktivitet i verdsøkonomien og innstrammingar i pengepolitikken vil dempe veksten noko.

Sidan 2004 har arbeidsløysa i dei nordiske landa gått ned, og det blir lagt til grunn ein ytterlegare nedgang òg i år og neste år. Arbeidsmarknaden i dei nordiske landa blir no stramma til, spesielt i Noreg og Danmark, og fleire sektorar opplever problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. I alle dei nordiske landa tilseier den demografiske utviklinga lågare vekst i arbeidsstyrken framover enn dei siste 20 åra. Dette dreg i retning av at arbeidsløysa kan gå noko ned framover, òg med ein BNP-vekst i underkant av det historiske gjennomsnittet.

Alle dei nordiske landa siktar mot låg og stabil inflasjon, knapt 2–2,5 %, anten gjennom eigne inflasjonsmål for pengepolitikken (Sverige, Noreg og Island), gjennom medlemskap i Den europeiske monetære unionen (Finland) eller ved å stabilisere eigen valuta mot euro (Danmark). Den underliggjande prisveksten er framleis låg i alle dei nordiske landa, med unntak av Island. Den låge prisveksten må sjåast i samanheng med aukande produktivitetsvekst og låg importert inflasjon. Den sterke veksten i år har likevel ført til aukande prisvekst både i verdsøkonomien og i Norden, og det er venta aukande prisvekst i Norden òg neste år.

I motsetnad til dei store landa i euroområdet har dei nordiske landa hatt overskot på dei offentlege budsjetta dei siste åra. Dette har medverka positivt til utviklinga i netto fordringar i offentleg sektor. Dei nordiske landa har ein relativt gunstig statsfinansiell situasjon som gjev eit betre utgangspunkt for å møte den framtidige aldringa i befolkninga enn tilfellet er for ein del store europeiske land. Fleire av dei nordiske landa har òg gjennomført – eller er i ferd med å gjennomføre – reformer av dei offentlege pensjonsordningane. Som ledd i utforminga av ein berekraftig finanspolitikk har fleire av dei nordiske landa som mål at offentlege budsjett skal vise overskot over tid. I Sverige legg ein opp til eit overskot på 2 % av BNP i gjennomsnitt over konjunktursyklusen, mens Danmark siktar mot at det strukturelle budsjettoverskotet skal liggje i intervallet 0,5–1,5 % av BNP fram til 2010. I Finland er målet at dei offentlege budsjetta bør ha eit samla overskot tilsvarande 3 % av BNP i ein normal konjunktursituasjon, mens den islandske regjeringa legg opp til at budsjettet skal vise eit overskot på 1–2 % av BNP dei næraste åra. Dei store innbetalingane frå petroleumsverksemda inneber at Noreg i ein periode framover vil ha vesentleg større budsjettoverskot enn dei andre landa. Finanspolitikken blir styrt etter ein handlingsregel som siktar mot ein gradvis og forsvarleg auke i bruken av oljeinntekter over statsbudsjettet, om lag i takt med utviklinga i forventa realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland, som er 4 %. Samtidig understrekar retningslinjene at omsynet til ei stabil økonomisk utvikling skal tilleggjast stor vekt etter kvart som budsjettpolitikken vert utforma. Dette betyr at det i periodar med høg og aukande arbeidsløyse kan brukast meir enn forventa realavkastning av fondskapitalen for å stimulere produksjon og sysselsetjing. Motsett vil det vere behov for å halde igjen i finanspolitikken i periodar med høg aktivitet i økonomien.

Tabell 6.1 Overslag over den økonomiske utviklinga i Norden. Prosentvis endring frå året før

  BNP-vekst   Inflasjon   Arbeidsløyse1
  200520062007   200520062007   200520062007
Sverige2,73,63,00,51,42,26,04,94,5
Finland2,13,72,80,91,31,48,47,87,7
Noreg22,32,22,21,62,32,64,63,83,8
Island5,54,70,94,07,84,62,11,52,3
Danmark3,42,61,91,82,01,85,54,54,3
Norden2,73,02,51,21,82,16,15,25,0
Memo:
Euroområdet1,42,22,12,22,12,08,68,27,9
USA3,53,63,13,43,32,45,14,74,7

1 I prosent av arbeidsstyrken

2 Inklusive petroleumssektoren

Kjelde: Nasjonale kjelder. For Noreg og Finland er overslaga for 2007 henta frå OECD Economic Outlook 79. Nye nasjonalrekneskapstal for 2. kvartal tyder på at overslaga for BNP-vekst i Norden og euroområdet i inneverande år er noko låge.

Nordisk samarbeid om inngåing av avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling

Samarbeidet er ei oppfølging av OECD-prosjektet mot skadeleg skattekonkurranse. I alt 31 skatteparadis, no kalla Non-OECD Participating Partners (NOPP), har gjeve politisk bindande erklæringar om å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling. For å oppnå dette må det inngåast bilaterale avtalar. Dei større OECD-landa er i gang med denne prosessen. Ved å opptre samla vil dei nordiske landa både ha større gjennomslagskraft og kunne spare vesentlege ressursar, òg for dei aktuelle NOPP-landa som då kan oppfylle sine tilsegner om slike avtalar ved éi felles forhandling. Dei nordiske finansministrane gav sin tilslutnad til samarbeidet under eit møte i Asker i juni 2006. Prosjektet er venta å komme i gang i løpet av hausten.

Den nordiske skatteportalen og Det nordiske ­virtuelle skattekontoret

Som eit ledd i arbeidet med å byggje ned grensehinder mellom dei nordiske landa opna dei nordiske finansministrane 20. mai 2005 ein felles nordisk skatteportal (www.NordiskeTax.net). Den nordiske skatteportalen er eit samarbeidsprosjekt mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa, og tek sikte på å gjere det enklare for personar busette i Norden å få hjelp til å løyse skatteproblem som lett vil oppstå for personar som har inntekt eller formue som rører ved fleire land. Portalen vil kunne vere til stor hjelp for personar som bur i eitt land, men har inntekter frå eit anna nordisk land, og for personar som har tenkt å flytte frå eitt nordisk land til eit anna. Den nordiske skatteportalen vil såleis vere ein del av eit internordisk informasjons- og servicenettverk. Informasjonen finst på alle dei nordiske språka og på engelsk. I portalen ligg ei ordliste der dei vanlegaste uttrykka i kvart lands lovverk er omsett til alle nordiske språk. Gjennom Det nordiske virtuelle skattekontoret vil ein person kunne få svar på sine skattespørsmål på éin stad, og slepp å leite seg fram til dei rette personane i kvart av dei nordiske landa. Det nordiske virtuelle skattekontoret har òg ansvaret for forvaltninga av skatteportalen.

Talet på treff har stabilisert seg på rundt 8000 per månad. Ein viktig ambisjon har vore at svar på enkle spørsmål skal vere motteke innan 2–5 dagar, mens meir kompliserte spørsmål krev noko lengre svartid. Gjennomsnittleg svartid har variert mellom to og ti dagar. Det er gjennomført tiltak for å få ned svartida.

Miljø og økonomi

Det nordiske arbeidet på miljøøkonomiområdet blir vareteke av kontaktgruppa for miljøøkonomiske spørsmål. Dette er ei felles arbeidsgruppe under EK-Miljø og EK-Finans. Gruppa set på eige initiativ og etter oppdrag frå Nordisk Ministerråd i verk utgreiingar i skjeringspunktet mellom miljø og økonomi. Gruppa gjennomfører mellom anna analysar av økonomiske verkemiddel som kan medverke til kostnadseffektive løysingar på nasjonale, regionale og globale miljøutfordringar. Gruppa fungerer som eit nettverk for miljøøkonomisk kompetanse i Norden med særleg vekt på å utveksle erfaringar og synspunkt på bruken av økonomiske verkemiddel. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar, og byr òg på høve for dei nordiske landa til å koordinere førebuingar til internasjonale møte, spesielt i miljøøkonomigruppa i EU (ENVECO).

Gruppa har avslutta fleire større prosjekt i 2005 og første del av 2006:

  • Verkemiddel i forvaltninga av biologisk mangfald i skog og våtmarker. Den tredje og avsluttande rapporten i eit prosjekt om verkemiddel for å forvalte det biologiske mangfaldet i skog og våtmark i Norden var ferdig i 2005. Prosjektet har m.a. sett på val av indikatorar for biomangfald, kostnadseffektivitet ved ulike verneformer og korleis endringar i verneprosessar kan redusere konfliktnivået i fredingssaker. Dette prosjektet er presentert både i partsmøtet for konvensjonen om biologisk mangfald i Curitiba i Brasil, og i miljøøkonomigruppa i EU (ENVECO)

  • Economic Instruments for Decoupling Environmental Pressure from Economic Growth. Prosjektet tek sikte på å identifisere og evaluere forskjellige typar verkemiddel for å redusere miljøbelastninga ved økonomisk vekst. To delutgreiingar er leverte i 2005: ein teoretisk studie om målemetodar og indikatorar for fråkopling og berekraftig utvikling, og ein empirisk studie av fråkopling av CO2-utslepp og vekst i ein del industrisektorar. Analysen er unik fordi ein har nytta sektorspesifikke energiprisar og skattar. Studien har òg kunna ta omsyn til dei mange unntaka som gjeld for energi- og karbonskattar i dei ulike industriane som er undersøkte. Studien har forbetra ein del estimat for energipriselastisitet, noko som er viktig for å vurdere korleis prisendringar påverkar energiforbruket

  • Den tenkte rolla for handel med klimakvotar i relasjon til andre verkemiddel. Dette er ein samanliknande studie av kvotesystem som er i bruk i dei nordiske landa i perioden 2005–2008 og planar for kvotesystema for Kyoto-perioden. I tillegg blir bruken av andre verkemiddel i klimapolitikken samanlikna. Rapporten går gjennom ein del teoretiske resonnement i samband med effektar av bruk av kvotar og bruk av fleire verkemiddel samtidig, og refererer resultat frå enkelte empiriske studiar. Generelt viser det seg at introduksjon av kvotesystem for CO2 så langt har ført til få endringar i dei nasjonale verkemidla. Dette kan påverke effektiviteten til kvotesystemet

  • The Use of Economic Instruments in Nordic Environmental Policy. Rapporten blir oppdatert og utgjeven av miljø- og økonomigruppa annakvart eller tredjekvart år, og siste rapporten vart lagd fram våren 2006. Rapporten gjev eit oversyn over ulike typar økonomiske verkemiddel som bli brukte i miljøpolitikken i dei nordiske landa, proveny av miljøavgifter m.m., og inneheld referansar til sentral EU-lovgjeving på miljøområdet. Utgåva som kjem i år, skal òg omfatte dei baltiske landa. I tillegg inneheld rapporten eit eige spesialkapittel om opningar og hindringar for bruk av økonomiske verkemiddel i dei nordiske landa, med ein analyse av i kor stor grad skattar og avgifter har hatt dei effektivitetsfremjande eigenskapane ein har forventa

Gruppa arbeider elles med prosjekt om m.a. økonomisk verdsetjing av miljøgode og om makroøkonomiske analysar på miljøområdet.

EU/EØS-samarbeid

Som ei følgje av at EU/EØS-sakene får stadig meir å seie for dei nordiske landa, og i lys av EU-utvidinga, har nordisk samarbeid i EU-samanheng fått auka prioritet. EU-samarbeidet på det økonomiske og finansielle området er difor blitt eit fast punkt på dagsordenen for dei nordiske finansministermøta. Elles blir ei rekkje EU/EØS-relevante spørsmål behandla i ulike nordiske arbeidsgrupper.

Nordisk samarbeid på verdipapirområdet

På bakgrunn av den aukande integrasjonen i verdipapirmarknadene avgjorde MR-Finans 25. juni 1998 at det skulle setjast i gang ei nordisk utgreiing om føresetnadene for auka samarbeid mellom dei nordiske børsane, eventuelt mellom dei nordiske og baltiske børsane. Etter dette har gruppa hatt jamlege møte med representantar for finansdepartementa i dei nordiske landa.

Styresmaktene i dei nordiske landa samarbeider òg uformelt om gjennomføring av enkelte direktiv/EØS-reglar som svarer til direktiv på verdipapirmarknadsområdet. Referansegruppa arrangerte i juni 2006 eit seminar om gjennomføringa av MIFD (direktiv om marknader i finansielle instrument) i Oslo.

Anna fast nordisk samarbeid

Forutan det regulære nordiske samarbeidet i regi av Nordisk Ministerråd er det ein god del uformelle kontaktar mellom dei nordiske styresmaktene. Dette gjeld mellom anna på skatteområdet, der det er regelmessige nordiske møte mellom dei aktuelle departementa, nordiske etatsleiarmøte m.m. Dei nordiske finansdepartementa har òg etablert eit slikt uformelt samarbeid på budsjettområdet. Dette medverkar til eit smidig, praktisk samarbeid og ei nyttig erfaringsutveksling.

Verksemda i Den nordiske investeringsbanken i 2005

Den nordiske investeringsbanken vart oppretta i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei fem nordiske landa. Avtalen er seinare revidert i avtale av 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemmer av banken.

Banken har i oppgåve å gje investeringslån og stille garantiar på bankmessige vilkår og i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som får slike lån. Låneaktivitetane omfattar m.a. investeringslån til verksemder i to eller fleire nordiske land, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden, prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa, og baltiske investeringslån.

Banken hadde eit overskot på 165 mill. euro, eller 1 396 mill. kroner, i rekneskapsåret 2005, mot 172 mill. euro i 2004. Det svakare resultatet har m.a. samanheng med mindre overskot på verdipapirhandelen. Rentenettoen, dvs. differansen mellom renteinntekter og rentekostnader, auka med 6 mill. euro til 169 mill. euro i 2005. Det er i 2006 utbetalt motverdien av 55 mill. euro til eigarane av overskotet for rekneskapsåret 2005, som er det same som i 2004. Av dette utgjorde den norske delen ca. 10 mill. euro eller 80 mill. kroner. Forvaltningskapitalen var 18 178 mill. euro per 31. desember 2005, samanlikna med 16 363 mill. euro ved utgangen av 2004. Banken hadde ved siste årsskifte 1 946 mill. euro i eigenkapital mot 1 781 mill. euro i 2004.

I 2005 utgjorde avtala utlån til medlemslanda 1 653 mill. euro (tilsvarande ca. 13,2 mrd. kroner), som er det høgaste beløpet banken har hatt nokon gong og ein auke på 42 % frå 2004. Derimot vart det ikkje stilt nye garantiar i løpet av året. Uteståande lån og garantiar til medlemslanda tilsvara 9 963 mill. euro, eller om lag 79 mrd. kroner, ved utgangen av 2005. Sverige står for 33 % av uteståande nordiske lån, Finland 29 %, Noreg 14 %, Danmark 13 %, Island 7 %, Estland og Latvia 2 % og Litauen 0,3 %. Foredlingsindustrien er største mottakar av samla utlån frå banken (43 %), men òg energisektoren (25 %) og transport og kommunikasjon (10 %) er viktige sektorar.

Banken har formelt samarbeid med 37 land utanfor Norden. Slike utlån utgjer ein aukande del av verksemda i NIB, og var ved utgangen av 2005 på til saman 3 433 mill. euro, eller ca. 35 % av samla utlån. Utlåna er dominerte av prosjektinvesteringslån (PIL) for prosjekt av nordisk interesse i framveksande økonomiar og transformasjonsland. Utlån utanom Norden går hovudsakleg til infrastrukturinvesteringar, i første rekkje i energi- og transportsektoren. Størstedelen (64 %) vart ytt direkte til statar eller mot statsgaranti. Utlåna er framleis dominerte av aktivitetar i Asia med 37 % av uteståande lån. Andre viktige område er Sentral- og Aust-Europa (29 %), Latin-Amerika (20 %) og Afrika og Midtausten (14 %).

NIB deltek òg i miljøfinansiering. Ved utgangen av 2005 hadde banken vel 2 milliardar i uteståande miljølån. I 2005 utgjorde miljølån 17 % av totalt utbetalt utlån i banken. NIB har uteståande miljølån i alle geografiske område der banken driv verksemd. Energisektoren er størst med 32 %.

6.7 Sosial og helse

Samarbeidet i sosial- og helsesektoren kviler på felles verdiar som utgjer fundamentet i den nordiske velferdsmodellen. Rammene for samarbeidet er nedfelte i samarbeidsprogrammet for sosial- og helsesektoren. Programmet dekkjer eit vidt felt frå forsking og utdanning til informasjons- og erfaringsutveksling og tilrettelegging for samkvem mellom landa gjennom konvensjonar og avtalar. Tyngdepunktet i samarbeidet ligg på institusjonane, både finansielt og som verktøy for måloppnåing. Prosjektverksemda er svært viktig. På ministermøta (MR-S) blir aktuelle saker på sosial- og helseområdet tekne opp til diskusjon. I Nordisk sosialpolitisk embetsmannskomité (EK-S) drøftar landa felles nordiske tiltak og utvekslar informasjon om viktige utviklingstrekk, nye lover, lovforslag og viktige utgreiingar.

I 2006 vedtok Nordisk Ministerråd strategien for barn og unge i Norden. Etter strategien har EK-S no eit ansvar for å integrere barne- og ungdomsområdet i sine konkrete faglege aktivitetar, og ministerrådet for helse- og sosial har eit ansvar for at barn og unge er synlege på det nordiske helse- og sosialområdet. På helse- og sosialområdet skal vi fokusere spesielt på barn og unge i risikogrupper, mellom anna på helse hos barn og unge og førebygging av misbruksmønster. Arbeidet med utsette barn og unge i dei baltiske landa og Nordvest-Russland er framleis høgt prioritert. Den norske formannskapen har eit særskilt fokus på barn og unge som opplever fattigdom i dei nordiske landa gjennom felles nordisk kunnskapsutveksling om dette temaet.

EK-S Administrasjonsgruppa har bistått Nordisk sosialpolitisk embetsmannskomité, og skal ta avgjerder på vegner av EK-S i rutineprega saker. Frå og med 2006 har administrasjonsgruppa fått utvida mandat og har bytt namn til «EK-S i lite format». EK–S i lite format erstattar eitt av dei årlege møta i embetsmannskomiteen. EK-S skal møtast ein gong i året og i samband med det årlege ministermøtet.

Norden og Europa

Innan sosial- og helsesektoren dannar det nordiske nettverket eit godt utgangspunkt for formelle og uformelle diskusjonar og informasjonsutvekslingar i aktuelle EU- og EØS-spørsmål. Ved alle nordiske møte på minister- eller embetsnivå er det opna for informasjon og drøfting av EU- og EØS-spørsmål. Ved behov blir det òg halde konsultasjonar før rådsmøte i EU.

Handlingsplanen for barn og unge i naboområda

Den tverrsektorielle handlingsplanen for barn og unge i nærområda, med utsette barn og unge i Nordvest-Russland som målgruppe, vart avslutta i 2005. Evalueringa av handlingsplanen er positiv med omsyn til dei konkrete aktivitetane som vart gjennomførte, forankringa i nærområda og breidda i prosjekta. Evalueringa er eit viktig grunnlag for den vidare organiseringa av det tverrsektorielle arbeidet med barn og unge i nærområda.

Med bakgrunn i det norske engasjementet i den nordlege dimensjonens partnarskap for helse og livskvalitet har den norske formannskapen særleg sett fokus på samarbeidet med Nordvest-Russland. På helse- og sosialområdet er det sett særskilt fokus på utsette barn og unge. Fattigdom i mange familiar har medverka til auka inntektsforskjellar, og særleg barnefamiliar er ramma. Denne utviklinga har ført til ei rekkje grupper av utsette barn og unge prega av manglande skulegang og smittsame sjukdommar, gatebarn, funksjonshemma barn og barn som er utsette for seksuelle og andre overgrep. Noreg har spesielt fokusert på levekår og helse for utsette barn og unge i nærområda til Norden, og har teke initiativ til ein gjennomgang av aktivitetar i Nordisk Ministerråd på dette området. Dette som eit ledd i utviklinga av ein ny nordisk strategi for den vidare organiseringa av arbeidet med utsette barn og unge i nærområda, med eit spesielt fokus på situasjonen i Nordvest-Russland og med Nordisk Ministerråds Russland-program som utgangspunkt.

Det nordiske WHO-samarbeidet

I WHO-samanheng utgjer det nordiske samarbeidet ei plattform av avgjerande verdi. Samarbeidet har form av nordiske samråd i samband med møta i dei styrande organa og felles tilnærming i saker der grunnlaget er til stades. Tradisjonen med ein nordisk plass i dei styrande organa blir vidareført. I 2012 vil det vere aktuelt for Noreg å stille til val til styret i WHO.

Narkotikasamarbeidet

Narkotikasamarbeidet i Norden var til og med 2005 kanalisert gjennom eit eige ministerråd for narkotikaspørsmål, MR-Narko, med ein eigen embetsmannskomité (EK-Narko) som saksførebuande organ. Denne embetsmannskomiteen vart nedlagd som følgje av moderniserings- og strukturendringsprosessen i 2005. Narkotikasaker vart innlemma i ministerrådet for helse- og sosiale spørsmål (MR-S).

For å halde oppe det tette samarbeidet med dialog og erfaringsutveksling om narkotikapolitiske spørsmål slutta EK-Narko seg til eit norsk forslag om å vurdere å vidareføre det nordiske samarbeidet i ei meir uformell form på sitt siste møte 11. november 2005. Ein tek sikte på eitt uformelt møte i året etter initiativ frå det landet som har formannskapen i Nordisk Ministerråd. Det første møtet var i Ålesund 29.– 30. juni 2006.

I det nordiske samarbeidet inngår òg eit operativt samarbeid mellom politiet og tollstyresmaktene. 36 sambandsmenn er stasjonerte i viktige produsent- og/eller transittland. Det at sambandsmennene arbeider for heile Norden, og ikkje berre for sitt eige land, har vekt internasjonal merksemd. Gjennom sambandsmennene og anna felles etterretningsverksemd er ei rekkje store narkotikasaker rulla opp.

Alkoholsamarbeidet

Tiltaka som dei nordiske sosial- og helseministrane tok opp i erklæringa frå 2004 om å styrkje det nordiske samarbeidet for å redusere breidda og djupna i dei alkoholrelaterte problema, blir følgde aktivt opp på ei rekkje område. Samarbeidet rettar seg mot EU, Verdshelseorganisasjonen (WHO) og Norden med nærområde.

Som ei følgje av dei initiativa dette samarbeidet medførte, vedtok Verdshelseforsamlinga i 2005 ein resolusjon om problem med årsak i skadeleg bruk av alkohol. Dette inneber at WHO-sekretariatet må leggje fram ein rapport om oppfølging av denne saka til Verdshelseforsamlinga i 2007. Det blir lagt opp til eit tett og aktivt nordisk samarbeid om vidare fokus på alkoholproblematikken i internasjonale forum. Dette gjeld òg overfor Europaregionen i WHO, som i 2005 vedtok eit nytt rammeverk for ein alkoholpolitikk, og overfor EU-kommisjonen, som har varsla framlegging av ein alkoholpolitisk strategi i form av ein kommunikasjon hausten 2006.

Gjennom eksisterande nordiske samarbeidsinstitusjonar er ei rekkje av dei tiltaka som vart lanserte i ministervedtaket frå 2004 sette i gang. Av desse kan særleg nemnast tiltak i regi av Nordisk nemnd for alkohol- og narkotikaforsking (NAD), som m.a. tek føre seg samanhengar mellom skatte- og avgiftsnivå og alkoholforbruk, og ei større kartlegging av skadenivå og skadetypar i dei fem nordiske landa de siste ti åra.

Det går òg føre seg eit samarbeid om trafikk og alkohol i regi av Nordisk trafikktryggingsråd.

Helse- og sosialministermøtet i 2004 vedtok òg at det skal utarbeidast ein årleg statusrapport om samarbeidet på alkoholområdet. Denne årlege rapporten dannar no eit viktig grunnlag for dei drøftingane helse- og sosialministrane fører om den vidare oppfølginga av politikken.

Smittevern

Innan smittevernet har det i fleire tiår vore eit samarbeid mellom dei nordiske smitteverninstitutta (Folkehelseinstituttet i Oslo, Folkhälsoinstitutet i Helsingfors, Smittskyddsinstitutet i Stockholm, Statens Serum Institut i København og Landlæknir i Reykjavik), som langt på veg har same oppbygging og rolle i det nasjonale smittevernet. Samarbeidet har preg av open og nær dialog om akutte og langsiktige utfordringar, og mange av fagfolka som arbeider med dei same sjukdommane, kjenner kvarandre godt og har ofte kontakt per telefon, e-post og i møte.

Institutta arrangerer Nordisk vaksinemøte anna­kvart år. Arrangementet roterer mellom landa. Dette møtet er eitt av dei få der praktisk vaksinearbeid blir diskutert i detalj av høgt kvalifiserte fagfolk, og er difor svært viktig. I 2006 blir Nordisk vaksinemøte halde på Island.

Leiarane for overvakingsavdelingane møtest ein til to gonger i året i nordiske statsepidemiologmøte for å drøfte aktuelle smittevernutfordringar. Òg spørsmål knytte til sjukehushygiene er tema på desse møta.

Nordisk arbeidsgruppe for mikrobiologi og risikovurdering (NNM) er oppretta av Nordisk Ministerråd og har regelmessige møte.

Det går òg føre seg eit utstrekt samarbeid mellom dei nasjonale referanselaboratoria i dei nordiske landa. Samarbeidet omfattar mellom anna utvikling og bruk av DNA-baserte analysar for typing av enteropatogene bakteriar i samband med oppklaring av utbrot og molekylærepidemiologiske studiar.

Det nordiske smittevernsamarbeidet er dei seinare åra blitt supplert med samarbeid i EU-regi, først i den såkalla Nettverkskomiteen under leiing av Europakommisjonen, og sidan 2005 under det nye smittevernbyrået som EU har etablert i Stockholm, European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC). Dei nordiske representantane i dei ulike europeiske nettverka og samarbeidsprosjekta har ofte samanfallande standpunkt og erfaringar, og har ofte lukkast i å prege debattar og avgjerder.

Trass i eit stadig djupare europeisk samarbeid viser det seg ofte at dei nordiske landa har nytte av å vidareføre eit eige, nærare samarbeid. Det skuldast at det innan smittevernet framleis er vesentlege skilnader mellom dei europeiske landa når det gjeld utfordringar og erfaringar, og dei nordiske landa har difor mest å lære av kvarandre. Våren 2006 møttest dei nordiske institutta for å drøfte utfordringar i samband med legionellose frå treindustrien i dei nordiske landa.

I Norden er det eitt mikrobiologisk laboratorium av høgaste tryggingsklasse, såkalla P4-laboratorium. Det ligg ved Smittskyddsinstitutet i Stockholm. Dei andre nordiske institutta har inngått avtale om tenester frå dette laboratoriet ved behov.

Nordisk Ministerråd har i ei årrekkje medverka til samarbeidet mellom dei nordiske institutta og kollegaer i dei baltiske landa og Nordvest-Russland, mellom anna om tidsskriftet og utdanningsprogrammet EpiNorth (www.epinorth.org). Folkehelseinstituttet har vore førande i dette samarbeidet, og registrerer eit stort engasjement òg i dei andre nordiske landa for smittevernet i Nordvest-Russland.

Nordisk Ministerråd har òg teke initiativ til å sondere utsiktene for eit felles nordisk prosjekt om produksjon av influensavaksine. Eit slikt prosjekt vil m.a. gje landa auka beredskap mot ein framtidig pandemisk influensa. Sonderingsarbeidet vil truleg vere sluttført i løpet av året 2006.

Helseberedskap

Dei nordiske landa har lang tradisjon for helseberedskapssamarbeid, gjennom Nordisk helseberedskapskonferanse og ulike faglege nettverk, innanfor atomulukkesberedskap, smittevern, kjemikalieberedskap, katastrofemedisin, brannskade­-handtering m.m. På enkeltområde har samarbeidet vore forankra i formelle samarbeidsavtalar som Nordic Mutual Emergency Assistance Agreement in Connection with Radiation Accidents av 1963. Men ei heilskapleg ramme for samarbeidet har mangla.

Etter 11. september 2001 vart det innleidd dialog mellom dei nordiske helseministrane om eit nærare nordisk samarbeid på helseberedskapsområdet. På helseministermøtet 5. mars 2002 i Oslo vart det fremja forslag til strakstiltak og langsiktige tiltak for å betre den samla nordiske helseberedskapen med særskild vekt på atom-, biologiske og kjemiske hendingar. I juni same året vart Nordisk helseberedskaps­avtale underteikna på møte i Nordisk Ministerråd. Avtalen tredde i kraft 30. november 2003. Med grunnlag i avtalen er det seinare underteikna ei erklæring om nordisk samarbeid ved eit eventuelt utbrot av koppar (Nordisk koppeerklæring, underteikna på møte i Nordisk Ministerråd i august 2003).

Føremålet med den nordiske helseberedskapsavtalen er at dei nordiske landa skal få større samla evne til å handtere kriser og katastrofar. Avtalen skal leggje til rette for samarbeid om å førebu og utvikle helseberedskapen ved kriser og katastrofar.

Avtalen rettar seg mot kriser og katastrofar generelt, men med særleg fokus på atom-, biologiske og kjemiske hendingar. Avtalen omfattar førebuing av beredskapstiltak og assistanse i tilfelle ein avtalestat blir ramma av krise eller katastrofe. Avtalen kjem i tillegg til Nordisk redningstenesteavtale av 20. januar 1989, og gjeld ikkje dersom behov for assistanse blir omfatta av Nordisk redningstenesteavtale. Avtalen skal ikkje vere til hinder for at dei nordiske landa oppfyller sine folkerettslege plikter eller deltek i internasjonalt samarbeid. Innanfor ramma av avtalen kan kompetente styresmakter inngå avtalar på enkeltområde.

Det landet som har formannskapen i Nordisk Ministerråd, har ansvar for at helseministrane i dei nordiske landa møtest for å diskutere problemstillingar innanfor verkeområdet til avtalen. Den praktiske gjennomføringa av avtalen skjer gjennom kontakt og samarbeid mellom kompetente styresmakter. Det er etablert ei nordisk samarbeidsgruppe med ansvar for erfaringsutveksling og oppfølging av helseberedskapssamarbeidet. I gruppa sit representantar for helsedepartementa og relevante direktorat i dei nordiske landa. I tillegg eksisterer det faglege nettverk og arbeidsgrupper innanfor ulike område, mellom anna atomulukkesberedskap, smittevern og biologiske hendingar, kjemiske hendingar, innkjøps- og logistikksamarbeid, utvikling av prinsipp og prosedyrar og kompetanseutvikling. Det er m.a. inngått ein samarbeidsavtale mellom Sverige og dei andre nordiske landa om bruk av det svenske laboratoriet med høgaste tryggingsnivå (P4-laboratoriet) i Stockholm.

I tida framover vil det vere ei prioritert oppgåve å gjennomføre og vidareutvikle det nordiske helseberedskapssamarbeidet i tråd med den nordiske helseberedskapsavtalen. Det blir lagt vekt på samarbeidstiltak i tilfelle pandemisk influensa. Ein ser òg nærare på erfaringane frå det nordiske helsesamarbeidet i samband med handteringa av flodbølgjekatastrofen i Sør-Asia og korleis dette kan utviklast vidare.

Det er eit mål å oppnå god samanheng mellom det nordiske helseberedskapssamarbeidet og det norske samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar som FN/WHO, EU og NATO. Dette må sjåast i lys av at det nye internasjonale helsereglementet frå WHO opnar for forsterka samarbeid mellom naboland om helseberedskapsspørsmål. Etableringa av EU-senteret for smitt­same sjukdommar i Stockholm i 2005 har styrkt smittevernsamarbeidet mellom medlemslanda i EU. Noreg deltek i aktivitetane ved senteret.

Permanente komitear

Nordisk sosialstatistisk komité (NOSOSKO) har til føremål å leggje eit grunnlag for ein mest mogeleg samanliknbar sosial- og trygdestatistikk i dei nordiske landa. Frå og med statistikkåret 1994 er det lagt opp til årlege publikasjonar i serien Sosial trygghet i de nordiske land . Frå og med 1999 har NOSOSKO lagt opp til å presentere særskilde tema i publikasjonen. Slike tema har mellom anna vore finansiering av sosial- og helseutgifter i dei nordiske landa på 1990-talet, levekår for einslege forsørgjarar, personale og personalstatistikk i nordisk eldreomsorg og sosiale tilbod til utsette barn og unge. Temaet for 2006-utgåva er aktiviseringspolitikk i dei nordiske landa.

Nordisk medisinalstatistisk komité (NO­MES­-KO) har til føremål å skape grunnlag for samanliknbar helsestatistikk i dei nordiske landa og å ta initiativ til utviklingsprosjekt, som etter mandatet kan vere følgjande:

  • nordisk koordinering innanfor det arbeidsområdet komiteen steller med

  • Norden og samarbeidet med nærområda

  • oppsyn med anna utvikling i medisinalstatistiske spørsmål

NOMESKO er eit viktig forum for nordisk og anna internasjonalt samarbeid. Det er etablert samarbeid med WHO, EUROSTAT og det nordiske senteret for klassifikasjonar i helsetenesta. Det er òg utvikla eit samarbeid med dei baltiske landa og gjeve ut publikasjonar om dødsårsaksstatistikk og sjukdomsklassifisering ( Nordic/Baltic health statistics ). NOMESKO publiserer årleg Health Statistics in the Nordic Countries . Kvart år inneheld publikasjonen ein spesiell temaseksjon. Temaet i 2006-utgåva er «ikkje-innlagde pasientar». Etter oppdrag frå Nordisk Ministerråd har NOMESKO, i samarbeid med NOSOSKO, utarbeidd indikatorar for berekraftig utvikling i helse- og sosialsektoren. Ei arbeidsgruppe planlegg vidareføring av arbeidet. Nokre eksempel på andre sentrale oppgåver er: statistikk for ikkje-innlagde pasientar, revisjon av personalstatistikken, statistikk for helse­økonomi og legemiddelstatistikk.

Det er fastlagt ei arbeidsfordeling mellom NOMESKO og det nordiske senteret for klassifikasjonar. NOMESKO skal ha som hovudoppgåve å arbeide med helsestatistikk, mens arbeidet med klassifikasjonar og kodeverk er lagt til klassifikasjonssenteret. Sidan dette er to område som heng nøye saman, er det nødvendig med eit nært samarbeid. I praksis fungerer dette m.a. ved at delegatane til NOMESKO òg er med i styret for klassifikasjonssenteret.

Det nordiske senteret for sjudomsklassifikasjon i Uppsala er eit WHO Collaborating Center . Senteret er finansiert av dei nordiske helsestyresmaktene etter ein nordisk fordelingsnøkkel. Senteret fungerer både som koordinerande organ for arbeidet med kodeverk og klassifikasjonar i Norden og som koordinator for kommunikasjonen mellom landa og WHO. Senteret har eit nært samarbeid med NOMESKO.

Dei to klassifikasjonane ICD-10 og ICF, som er utgjevne av WHO, er sentrale oppgåver for senteret. For den internasjonale sjukdomsklassifikasjonen ICF-10 har senteret først og fremst i oppgåve å drive med vedlikehald og oppdateringar. For ICF (internasjonal klassifikasjon av funksjon, funksjonshemming og helse), som WHO vedtok i 2001, har senteret ein viktig samordnande funksjon i arbeidet med å innføre klassifikasjonen i dei nordiske landa. Senteret har ei eiga eining, NordDRG, for arbeidet med DRG (diagnoserelaterte grupper), som m.a. blir brukte i norsk innsatsstyrt finansiering (ISF).

Institusjonar

På sosial- og helseområdet er det etablert seks institusjonar som skal medverke til tettare nordisk samarbeid. Dette er Nordisk nemnd for alkohol- og narkotikaforsking (NAD), Nordisk samarbeidsorgan for handikappspørsmål (NSH), Nordisk utdanningssenter for døvblindepersonale (NUD), Nordisk utdanningsprogram for utvikling av sosiale tenester (NOPUS), Nordisk institutt for odontologiske materiale (NIOM) og Nordisk høgskule for folkehelsevitskap (NHV). Størsteparten av midlane i sektoren er knytte til desse institusjonane.

Nordisk utdanningsprogram for utvikling av sosiale tenester (NOPUS) er ein institusjon under Nordisk Ministerråd for etter- og vidareutdanning av leiarar og nøkkelpersonell i sosialsektoren i Norden. Institusjonen har kontor i Malmö. Målet for NOPUS er å vere eit nordisk sentrum for erfaringsutveksling, nettverksoppbygging, idéutveksling og etter- og vidareutdanning innanfor leiing og administrasjon på sosialområdet.

Dei nordiske velferdsstatane har mange fellestrekk, men har òg valt ulike løysingar i organiseringa av tenestetilboda på sosialområdet. Samarbeidet gjennom NOPUS gjev landa høve til erfaringsutveksling og kunnskapsutvikling i ein sektor der komplekse problemstillingar krev nye løysingsmodellar på grunnlag av best mogeleg kunnskap.

Nordisk institutt for odontologiske materiale (NIOM) er eit kompetansesenter og rådgjevande organ for dei nordiske helsestyresmaktene, tannhelsetenesta i Norden og for innbyggjarane. Kjerneverksemda er knytt til forsking og fagutvikling på tannbehandlingsmateriale og dei eigenskapar og biverknader dei har. Forsk­ing er kunnskapsgrunnlaget for den innsatsen NIOM gjer innan standardiseringsarbeid, materialprøving og -testing og informasjonsarbeid på internasjonalt plan. Nordiske gjesteforskarar og samarbeid med fagmiljø i Norden medverkar til eit vidt fagleg nettverk.

NIOM har brei kunnskap og høg internasjonal status innan forsking og laboratorietesting, noko som har ført til at medarbeidarar i NIOM har fått sentrale verv i internasjonale standardiserings­komitear og i arbeidsgrupper eller komitear i EØS-området for medisinsk utstyr og tekniske kontrollorgan. Renommeet og posisjonen internasjonalt gjer at produsentar etterspør og kjøper materialprøving eller testing frå NIOM.

NIOM har videreutvikla nettverkssamarbeidet med nordiske forskingsinstitusjonar. Med økonomisk støtte frå Socialstyrelsen i Sverige og Helse- og omsorgsdepartementet i Noreg etablerte NIOM i 2005 ein nordisk produktdatabase for dentale biomateriale. Føremålet med databasen er på nordisk basis å skape ein fullt søkbar, uavhengig, kontinuerleg oppgradert og internettbasert produktdatabase med god dekning av kommersielt tilgjengelege dentale biomateriale. Dette vil vere viktig informasjon for både pasientar, behandlarar og forvaltning.

Nordisk høgskule for folkehelsevitskap (NHV) er ein institusjon som skal stå for høgare utdanning og forsking på området folkehelsevitskap. NHV tilbyr ulike grupper personell innan helse- og sosialtenesta ulike former for folkehelseutdanning. NHV driv forsking, gjev ut publikasjonar, driv utgreiingsarbeid og arrangerer konferansar.

I 2004 gjennomførte NHV ei omfattande oppdatering av kurstilbodet. Det er etablert eit grunnkurs i folkehelsevitskap og eit MPH-program som inneber at studentane blir tekne opp til heile masterutdanninga frå starten av. På lengre sikt er det òg planar om ei treårig forskarutdanning. For studentar som i dag er tekne opp på MPH-programmet og forskarutdanninga, vil det bli etablert overgangsordningar.

NHV er finansiert gjennom ein modell med grunnfinansiering og verksemdsfinansiering, som utgjer høvesvis 30 og 70 prosent av det totale budsjettet. Grunnfinansieringa er fordelt på landa etter den nordiske nøkkelen som ministerrådet fastset kvart år, mens verksemdsfinansieringa fordeler seg etter kor mange studentmånader kvart land har brukt i løpet av dei siste tre åra før året då fordelinga blir rekna ut.

NHV har samarbeidsavtalar med 10 universitet. NHV har i samarbeid med universiteta i Tromsø og Tampere vore i dialog med universitetet i Århus for å avklare om det er grunnlag for å etablere ei felles nordisk masterutdanning som er retta inn på folkehelse og velferd. Det er òg inngått ein rammeavtale med universitetet i Arkangelsk.

Samarbeid i Norden på sosialtenesteområdet

Den nye nordiske konvensjonen om sosialhjelp og sosiale tenester som tok til å gjelde 1. oktober 1996, omfattar føresegnene om sosialhjelp og sosiale tenester og bidragsforskott frå den nordiske konvensjonen om trygd frå 1981. Han har som siktemål å sidestille nordiske borgarar og deira rett til sosiale tenester m.m. ved opphald i eit nordisk land.

Nordisk Råds sosialpolitiske komité (EK-S) oppnemnde i 2001 ei nordisk arbeidsgruppe til å overvake iverksetjinga av konvensjonen og til å vere rådgjevande organ for landa. Gruppa arbeider no med forslag til tiltak som kan gjere det enklare for personar med hjelpebehov å komme seg frå eitt land til eit anna. Dette gjeld særleg samarbeid om transporttenester.

Nordisk prosjekt om demens

I 2002 søkte Sosial- og helsedirektoratet Nordisk Ministerråd om tilskot til eit nordisk prosjekt om demens. Søknaden vart innvilga, og Nordisk Ministerråd og dei deltakande landa finansierer det treårige prosjektet «Demensomsorg i Norden». Prosjektet står under leiing av Sosial- og helsedirektoratet, og i tillegg deltek ein representant for den danske Styrelsen for Social Service og ein representant for det svenske Socialdepartementet i prosjektleiinga. Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens ved professor Knut Engedal er fagleg ansvarleg. Sekretariatsfunksjonen er lagd til kompetansesenteret.

6.8 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Omtale av den norske formannskapen

Den norske formannskapen held fram med det mangeårige aktive samarbeidet mellom dei nordiske arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøstyresmaktene. Vi vil framleis ha fokus på eit inkluderande arbeidsliv og på innsats i dei nordiske landa for å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse. Eit meir inkluderande arbeidsliv er eit viktig mål og ein viktig føresetnad både for å sikre tilstrekkeleg arbeidskraft i åra som kjem og for å kunne tilby arbeid til dei som kan og vil arbeide.

Dei nordiske landa har i fleire år delt sine erfaringar når det gjeld politikk og tiltak for å få ned sjukefråværet og motverke utstøyting frå arbeidslivet. Den norske formannskapen held fram med dette arbeidet. Vi vil òg rette søkjelyset mot strategiar for å få eldre arbeidstakarar til å stå lenger i arbeidslivet.

Eit viktig tema for den norske formannskapen er utvidinga av den europeiske arbeidsmarknaden og dei effektane det har på sysselsetjing, arbeidsløyse, arbeidsvilkår og lønn i dei nordiske landa. Fokus er utvida til å gjelde både arbeidskraft og tenestemigrasjon.

Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Kontakt og erfaringsutveksling om tolking og implementering av EU-regelverk i nasjonalt regelverk for slik å unngå å skape unødvendige forskjellar og dermed grensehindringar mellom dei nordiske landa, er eit viktig element i det meir praktiske samarbeidet.

Nordisk Ministerråds samarbeidsprogram på arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøområdet 2005–2008 dannar ramma for samarbeidet i sektoren. Programmet vart gjort ferdig under den islandske formannskapen i 2004. Samarbeidet er retta både mot arbeidslivspolitikk innanfor Norden og mot nordisk arbeidslivspolitikk i samspel med EU/EØS og andre internasjonale forum. Programmet fokuserer på innsats med sikte på å auke tilbodet på arbeidskraft for å møte den demografiske utfordringa og for å skape eit aktivt og inkluderande arbeidsliv som motverkar utstøyting. Det blir òg sett søkjelys på arbeidshindringar og diskriminering av utsette grupper og innsats for å fremje likestilling mellom kjønna i arbeidslivet. Kvart formannskapsland utdjupar dei ulike aspekta ved desse hovudmåla gjennom temaa for sin formannskap.

Den danske formannskapen i 2005 hadde kunnskap og innovasjon, eit Norden utan grenser og effektivitet i det nordiske samarbeidet som overordna tema. Samarbeidet i arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøsektoren vart samla under temaet modernisering av den nordiske arbeidsmarknaden. Hovudfokus vart sett på spørsmål knytte til sjukefråvær og arbeidsmiljø. Tema for formannskapskonferansen i april 2005 var sjukefråvær i Norden. Embetsmenn, politikarar, forskarar og representantar for verksemder i Norden hadde ei nyttig idéutveksling. Embetsmannskomiteen for arbeidsmarknad og arbeidsmiljø (EK-A) følgde opp konferansen ved å setje ned ei nordisk kontaktgruppe. Gruppa, som skal arbeide ut 2007, har som oppgåve å samle inn og analysere informasjon om utviklinga i sjukefråværet i dei nordiske landa. Ho skal òg samle inn og analysere informasjon om iverksette tiltak og vidareformidle informasjon om tiltak som fungerer bra i dei ulike landa. Målet er ikkje å utvikle ein felles politikk, men å utnytte kvarandres erfaringar.

Årets norske formannskap har understreka at arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøfeltet står sentralt i den vidare utviklinga av dei nordiske velferdssamfunna. Landa skal møte utfordringane som den demografiske utviklinga skaper for arbeidsmarknaden, dei skal motverke tendensar til utstøyting frå arbeidslivet og dei skal nytte sjansane og løyse problema som globaliseringa medfører.

Temaet for formannskapsseminaret hausten 2006 blir aldersdiskriminering og haldningar til seniorar i arbeidslivet. Seminaret skal ta opp tilhøve som gjer til at seniorar forlèt arbeidslivet tidleg, med særleg fokus på diskriminering og negative haldningar.

Erfaringsutvekslinga om EU/EØS-utvidinga og korleis denne påverkar arbeidsmarknad og arbeidsliv i Norden, med spesiell vekt på tilhøvet til dei baltiske landa og Polen, blir ført vidare under den norske formannskapen. Den nordiske kontaktgruppa som har følgt utvidinga, har vore til stor nytte når dei nordiske landa kvar for seg har teke stilling til kor vidt dei skal vidareføre overgangsordningane. Gruppa held no fram med eit noko utvida mandat. Fokus framover blir i større grad tenestevandringar og den samla effekten arbeidskraft og tenestemigrasjon har på arbeidsmarknad og arbeidsvilkår.

Som tidlegare nemnt har ein arbeidd med at Hallo Norden skal gje ei oversiktleg framstilling av føresegnene om arbeidsløysetrygd og arbeidsløysekassane i dei nordiske landa, slik at brukarar som ønskjer å pendle eller flytte for å ta arbeid, kan få vite kva vilkår dei får. Nordisk samarbeid om arbeidsformidling held fram innanfor Eures-rammene.

Dei nordiske samarbeidsministrane tok i 2005 ei rekkje avgjerder om modernisering av det nordiske samarbeidet, og gav i den samanheng dei ulike ministerråda i oppgåve å gå gjennom sine samarbeidsstrukturar med sikte på å leggje til rette for fornya dynamikk. Den dåverande danske og den påtroppande norske formannskapen sende på bakgrunn av dette ut et opplegg for ny struktur for arbeidet i sektoren for arbeidsmarknad og arbeidsliv. Målet var å få til større aktualitet og dynamikk i samarbeidet, slik at ein får løfta fram aktuelle faglege tema til politisk diskusjon i rett tid. Det vart lagt opp til færre faste utval med breiare mandat. Desse blir supplerte med tidsavgrensa kontaktgrupper som blir sette ned for å sjå på problemstillingar på viktige tidsaktuelle område. EK-A har prinsipielt slutta seg til opplegget, og det blir no arbeidd med utforming av mandat for dei faste utvala. Prosessen skal fullførast hausten 2006.

Organisering av samarbeidet og arbeid i enkeltutval

Embetsmannskomiteen for arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøspørsmål (EK-A) har det overordna ansvaret for å setje i verk dei vedtak som blir fatta av arbeidsministrane (MR-A). Vidare kan EK-A innanfor ramma av samarbeidsordninga på sjølvstendig grunnlag initiere tiltak på feltet. EK-A skal òg føre kontroll med verksemda i underliggjande utval, grupper, prosjekt m.m. Nordisk Ministerråds samarbeidsprogram på arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøområdet 2005–2009 og dei årlege formannskapsprogramma dannar grunnlaget for arbeidet i utvala.

Ei eiga EU-informasjonsgruppe følgjer utviklinga i EU på arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøfeltet. Føremålet med gruppa er å utveksle informasjon om tema som kjem opp i ulike EU-forum og å diskutere emna ut frå ein nordisk synsvinkel. Dagsorden for rådsmøta i EU blir gjennomgådd, men det blir no lagt større vekt på tematiske drøftingar. I tillegg tek gruppa opp problemstillingar som kan vere felles for dei nordiske landa, som regelverksutforming og den nordiske modellen i forhold til partane i arbeidslivet. Gruppa gjev norske styresmakter nyttig informasjon om aktuelle saker som blir behandla i EU, mellom anna saker som er EØS-relevante. Gruppa er utvida med medlemmer frå dei baltiske landa og Polen slik at òg dei er med i informasjonsutvekslinga.

Ei informasjonsgruppe for arbeidslivsspørsmål under EK-A er redaksjonsrådet for tidsskriftet Arbeidsliv i Norden, Tidsskrift for arbeidsmarked og arbeidsmiljø .

På arbeidsmarknadsfeltet er det to utval under EK-A. Nordisk arbeidsmarknadsutval har ansvaret for det operative samarbeidet, og skal vidareutvikle arbeidsmarknadspolitikken i dei nordiske landa. Det skjer mellom anna gjennom prosjekt og konferansar på området. Nordisk migrasjonsutval utvekslar informasjon om spørsmål i samband med migrasjons- og integrasjonsområdet.

På arbeidsmiljø- og arbeidsrettsfeltet er det tre utval. Nordisk arbeidsmiljøutval skal styrkje og utvikle det nordiske samarbeidet for betre arbeidsmiljø i landa. Det skjer gjennom informasjons- og erfaringsutveksling om mål og metodar og gjennom initiering og oppfølging av felles prosjekt. Utvalet drøftar kontinuerleg verksemda som arbeidsmiljøstyresmaktene driv, mellom anna regelverksutvikling og tilsynsmetodar. Nordisk arbeidsmiljøforskingsutval skal utvikle det nordiske samarbeidet på området arbeidsmiljøforsking. Målet er å få fram betre forsking gjennom å utnytte felles ressursar og gje vitskapleg støtte til samarbeidsprosjekt. Dei to utvala har felles prosjektmidlar.

Nordisk arbeidslivs- og arbeidsrettsutval (NAU) skal vareta samarbeidet om arbeidsliv og arbeidsrett. Utvalet er særleg oppteke av den aukande internasjonaliseringa og kva denne får å seie for arbeidslivet og arbeidsretten i Norden. NAU har i første rekkje til føremål å utveksle informasjon om spørsmål på arbeidslivs- og arbeidsrettsområdet, samarbeide om implementeringa av EU-direktiv og å drøfte spesielle felles nordiske arbeidsrettsproblemstillingar.

NIVA – Nordisk arbeidsmiljøutdanning – er ein separat institusjon under EK-A. NIVA organiserer vidareutdanning av ekspertar på arbeidsmiljø i Norden. Gjennom kurs og seminar medverkar NIVA òg til å forsterke det nordiske nettverket og å knyte kontaktar med ekspertar utanfor Norden. NIVA har eigne «Baltikum-kurs», og gjev stipend til deltakarar frå dei baltiske landa.

På attføringsfeltet er det eigne samarbeidsorgan i tillegg til samarbeidet som skjer innanfor embetsmannskomiteen for arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøspørsmål (EK–A). Nordisk handikap­politisk råd, som er eit rådgjevande og policy-skapande organ for Nordisk Ministerråd, har som hovudoppgåve å sjå til at omsynet til funksjonshemma blir vareteke på alle sektorområde. Rådet er tverrsektorielt samansett, og for kvar sektor finst eit nordisk sektornettverk med representantar for dei respektive fagdepartementa. Sektornettverket for arbeidsmarknadsspørsmål tek opp tema i tilknyting til situasjonen for funksjonshemma på arbeidsmarknaden og dermed attføring.

Petroleumstilsynets nordiske samarbeid på ­tryggings- og arbeidsmiljøområdet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Petroleumstilsynet deltek i North Sea Offshore Authorities Forum (NSOAF), der styresmakter med tilsynsansvar for petroleumsverksemda til havs i åtte Nordsjø-land er representerte. Av dei nordiske landa deltek Danmark, Færøyane, Noreg og Sverige. Forumet utvekslar erfaringar rundt tilsynet med tryggleik og arbeidsmiljø i verksemda, og arbeider mellom anna for å utvikle ordningar som inneber gjensidig aksept av kontroll- og dokumentasjonsarbeid utført i dei ulike landa. Det er oppnådd resultat som gjev effektiviseringsgevinst både for styresmakter og industri, noko som igjen inneber at ressursane kan setjast inn mest mogeleg effektivt for å vareta felles interesser med omsyn til vern av menneskeliv og helse, miljø og materielle verdiar. Petroleumstilsynet samarbeider òg bilateralt med landa rundt Nordsjøen, av dei nordiske landa særleg med Danmark, der Energi­styrelsen er den viktigaste samarbeidspartnaren. Det blir halde eit årleg møte på leiingsnivå i tillegg til jamleg kontakt i faglege spørsmål som er av felles interesse for dei to landa når det gjeld reguleringa av tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda.

6.9 Likestilling

Barne- og likestillingsdepartementet er representert i ministerrådet for likestilling.

På lanseringskonferansen for det nye samarbeidsprogrammet for likestilling for perioden 2006–2010, «Med fokus på kjønn er målet det likestilte samfunnet», vart det oppnemnt ei arbeidsgruppe av nordisk ungdom, ein av kvart kjønn frå kvart av dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda unnateke Grønland, som ikkje hadde føreslått representantar. Arbeidsgruppa fekk i oppdrag å utarbeide ei kvitbok om korleis nordisk ungdom ser på kjønnslikestilling, med frist for levering til ministrane på ministermøtet i mai.

På ein konferanse i Tønsberg i mai vart kvitboka overlevert statsråd Karita Bekkemellem, som tok imot på vegner av dei andre ministrane. Det vart gjort klart at kvitboka bør få ei form og eit omfang som gjer at ho kan spreiast breitt i nordiske ungdomsmiljø og vere eit grunnlagsdokument for drøftingar og tiltak i heile samarbeidsperioden. Boka vert publisert gjennom Nordisk Ministerråd. Kvitboka vil òg vere eit viktig dokument for det nordiske ungdomspanelet som er omtala annan stad i meldinga.

Det årlege likestillingsministermøtet vart halde i Tønsberg dagen etter, deretter vart det òg halde møte med dei baltiske likestillingsministrane om oppfølging av tiltak mot menneskehandel. Desse møta blir haldne annakvart år slik at planar kan vedtakast for arbeidet dei neste to åra. Det vart vedteke at ministerrådet for likestillingssamarbeid som ein del av moderniseringa av NMR skal heite «ministerrådet for likestilling». MRL skal framleis fokusere på kjønnslikestilling, mens diskusjonen om å inkludere andre diskrimineringsgrunnlag skal halde fram. Under temaet kjønn og makt vart det vedteke at Finland skal leggje fram ein rapport om The Nordic 500 Women Board Directors and Executive Directors i 2007. Under temaet kjønn og ungdom vart det vedteke at Finland skal arrangere ein konferanse om dette i 2007. Under temaet kjønn, kultur og kommunikasjon vart det vedteke at NMR på vegner av embetsmannskomiteen for likestilling (EK-Jäm) hausten 2006 inviterer embetsmannskomiteen for kultur (EK-K) til eit arbeidsseminar der hovudmålet er å drøfte korleis kjønnsperspektivet i det nordiske kultursamarbeidet kan betrast.

I tillegg vart det vedteke at det nordiske forskingsprosjektet «Ungdom, kjønn og pornografi i Norden» skal avsluttast med ein konferanse i Oslo i september. Ministerrådet vedtok òg at det skal setjast av midlar til eit felles nordisk prosjekt i 2007 om prostitusjon i Norden, med vekt på lovgrunnlag og tiltak mot prostitusjon, kartlegging av omfanget og ein analyse av korleis kvinner og menn stiller seg til prostitusjon. Ministerrådet vedtok òg å oversende ein søknad om «Urbefolkning og kjønn: likestillingsarbeid blant urfolk i det arktiske området» til samarbeidsministrane, med forslag om finansiering over prioriteringsmidlane for 2007.

6.10 Justissektoren

Lovsamarbeid

Det nordiske lovsamarbeidet har med grunnlag i Helsingforsavtalen av 1962 som mål å skape mest mogeleg einsarta lovgjeving i dei nordiske landa. Tradisjonelt har lovsamarbeidet vore gjennomført ved store felles lovprosjekt som har hatt som resultat like eller tilnærma likelydande lover i dei nordiske landa, først og fremst lover som i praksis blir brukte for domstolane.

Her nemner vi nokre eksempel på lover som har fått lik eller tilnærma lik ordlyd etter eit felles nordisk lovarbeid. Avtalelova av 31. mai 1918 er eit resultat av utkast som vart utarbeidde etter diskusjonar i ein felles nordisk lovkomité. Alle dei nordiske landa fekk etter kvart tilnærma likelydande avtalelover som bygde på dette arbeidet. Gjeldande lov om sjøfarten av 24. juni 1994 nr. 39 er òg, som forgjengaren (sjølova av 20. juli 1893 nr. 1), eit resultat av fellesnordisk lovgjevingssamarbeid. Det materielle innhaldet i dei nordiske sjølovene er i all hovudsak likt. Dei nordiske lovene om utlevering av lovbrytarar har ei liknande forhistorie, med nasjonale lovkomitear som møtte sine nordiske motpartar og der resultatet vart tilnærma like nasjonale lover om utlevering til dei andre nordiske landa.

Slike store felles lovprosjekt har likevel ikkje prega det nordiske samarbeidet om lovgjevingsspørsmål dei siste 10–20 åra. Dagens nordiske samarbeid om lovgjevingsspørsmål er uformelt, pragmatisk og nyttebasert – tilpassa lovgjevingsprosessane slik dei går føre seg i Norden i dag.

Innanfor justissektoren skjer samarbeidet i stor grad ved direkte kontakt mellom departementa i dei nordiske landa. Det blir kontinuerleg arbeidd med å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogeleg rettslikskap. Samarbeidet er i dag prega av at dei nasjonale lovgjevingsprosessane går raskare og er meir politiserte enn før. Vidare er det nordiske lovsamarbeidet prega av at regelproduksjon i aukande grad går føre seg i internasjonale forum. Begge desse forholda gjer til at eit effektivt og uformelt samarbeid mellom nordiske lovgjevingsstyresmakter har mykje å seie for kvaliteten på den nasjonale lovgjevinga.

Samarbeidet på området for EU/EØS-spørsmål er ein viktig del av det nordiske lovsamarbeidet, sidan ein stadig aukande del av lovarbeidet er initiert gjennom EU-reglar. Det er eit overordna mål å sørgje for nordisk rettslikskap ved gjennomføringa av EU-regelverk i nasjonal lovgjeving, og likeins å sikre ei korrekt gjennomføring ved gjensidig bistand. Det er òg eit mål å få i stand nordisk samarbeid ved førebuing av nytt EU-regelverk, både om innhaldet i nye EU-reglar der dette fell naturleg og om å få utforma nye føresegner i samsvar med nordiske lovgjevingstradisjonar. Dette arbeidet kjem til å halde fram.

Innanfor det tradisjonelle nordiske samarbeidet spelar privatretten ei sentral rolle. Familierettsekspertgruppa med deltakarar frå dei nordiske justisdepartementa møtest minst ein gong i året for å diskutere rettsutviklinga på området. I dette arbeidet er det særleg revidering av den nordiske ekteskapskonvensjonen som har vore viktig for gruppa.

Det tradisjonelle nordiske lovsamarbeidet på sjørettsområdet blir vidareført. Hausten 2003 avgjorde Nordisk Ministerråd at det skulle opprettast ei ståande nordisk arbeidsgruppe innan selskapsrett. Arbeidsgruppa skal tre i funksjon kvar gong ei EU-rettsakt på selskapsrettens område skal gjennomførast i nasjonal rett. Gruppa heldt sitt første møte i Oslo i januar 2005. I september same året møttest gruppa i Reykjavik for å diskutere gjennomføringa av rådsforordning (EF) nr. 1435/2003 om europeiske samvirkeføretak i nasjonal rett.

Ei eiga strafferettsgruppe med deltakarar frå dei nordiske justisdepartementa har eit særleg ansvar for nordisk samarbeid på områda strafferett og straffeprosess. Gruppa møtest inntil to gonger i året for å drøfte lovgjevingsspørsmål på området. Under denne gruppa er det oppretta arbeidsgrupper som arbeider med særskilde tema. I perioden for denne stortingsmeldinga har det vore arbeidd med ny nordisk konvensjon om overlevering for straffbare forhold (sjå eige punkt), revisjon av den nordiske straffefullføringsordninga og tilhøvet til menneskerettane ved rettslege tiltak mot terrorhandlingar. Dei to siste temaa er venta avslutta i neste periode.

Med utgangspunkt i møte mellom dei nordiske og baltiske justisministrane i mai 2004 og september 2005 kjem samarbeidet med nærområda (Baltikum og Nordvest-Russland) om rettslege spørsmål til å halde fram (sjå eige punkt om nordisk-baltisk kontaktgruppe).

Nordisk konvensjon om overlevering for straffbare forhold

På det nordiske justisministermøtet i juni 2005 vart det konstatert prinsipiell politisk semje om eit utkast til nordisk konvensjon om overlevering for straffbare forhold mellom dei nordiske landa (nordisk arrestordre). Ministrane gav samtidig embetsmannskomiteen i oppdrag å fullføre arbeidet med sikte på underteikning av konvensjonen i løpet av 2005 og ikraftsetjing seinast i 2007. Konvensjonen vart underteikna 15. desember 2005. Arbeidet med den nasjonale gjennomføringa er i gang med sikte på å oppnå felles ikraftsetjing for flest mogeleg av landa.

Politisamarbeid

Samarbeidet mellom politistyresmaktene i dei nordiske landa er forankra i avtalar og enkelte einsarta lover (mellom anna nordisk lov om utlevering). Sentralt i denne samanhengen står den nordiske politisamarbeidsavtalen frå 2002, som no har avløyst den tidlegare politisamarbeidsavtalen frå 1972. Det nordiske politisamarbeidet er karakterisert ved at ei lokal politistyresmakt stort sett kan samarbeid direkte med den lokale politistyresmakta i eit anna nordisk land utan å måtte gå via sentrale styresmakter. Eit anna karakteristisk trekk er at det mange stader er etablert nære regionale eller lokale kontaktar mellom politidistrikta på begge sider av grensene.

Dei nordiske rikspolitisjefane møtest ein gong i året. Dette møtet er både av orienterande art og initierer ein felles nordisk kamp mot kriminalitet. Det blir òg halde ei rekkje møte mellom dei nordiske landa på ulike nivå, mellom anna på kriminalteknisk nivå, på utdanningsområdet og på operativt/strategisk plan.

Ved sidan av å regulere samarbeidet om å motverke og førebyggje kriminalitet omfattar den nye politisamarbeidsavtalen av 2002 òg informasjonsutveksling i politiforvaltningssaker. Den nye avtalen gjer det òg til ein viss grad mogeleg å utdjupe samarbeidet. Ein tilleggsavtale om utlån av materiell og utstyr og om varsling ved transittering av personar under uttransport vart underteikna av dei nordiske rikspolitisjefane i august 2004.

Samarbeidet mellom dei nordiske landa går òg føre seg gjennom det internasjonale politisamarbeidet, mellom anna innanfor rammene av Baltic Sea Task Force on Organised Crime , dei norske samarbeidsavtalane med EU og globalt gjennom Interpol.

Politi- og tollsamarbeidet i Norden (PTN)

Samarbeidet, som no generelt er innretta på kamp mot kriminalitet, er av vesentleg verdi for det arbeidet som blir drive i Norden for å slå ned på grenseoverskridande, organisert kriminalitet. Samarbeidet er av dynamisk karakter og blir justert etter kvart som utviklinga i det internasjonale kriminalitetsbiletet gjer det nødvendig. Mellom anna blir kvar utplassering av sambandsmenn evaluert kvart år.

Politisambandsmenn

I samarbeid med dei andre nordiske landa er det utplassert politisambandsmenn i ei rekkje land. Hovudføremålet med ordninga er å skape eit kontaktledd med styresmaktene i landa og å lette samarbeidet mellom landa og formidle informasjon i kampen mot kriminalitet. Det er òg utplassert politisambandsmenn med særskilde oppgåver på utlendingsfeltet.

Det administrative ansvaret for politisambandsmennene vart overført til Utanriksdepartementet frå 1. januar 2005. Dette gjeld ikkje for utsendingane til Europol og Interpol.

Nordisk materiellsamarbeid i politisektoren

Utveksling av informasjon om politimateriell og spesifisering av dette saman med andre nordiske politistyresmakter har vore eit satsingsområde i fleire år. Dei seinare åra er dette ytterlegare forsterka ved at samarbeidet er utvida til òg å omfatte felles utlysing av materiellinnkjøp og felles kontraktsforhandlingar.

Felles nordiske kontraktar gjev større volum av materiell slik at ein kan oppnå gunstige prisar. Samarbeidet medfører òg at dei nordiske politistyresmaktene kan hjelpe kvarandre med kapasitet og kompetanse m.o.t. testing og evaluering av produkt.

Samarbeidet mellom dei nordiske riksadvokatane

Det er nær kontakt og godt samarbeid mellom dei nordiske riksadvokatane både generelt og i enkeltsaker. Årleg blir det halde møte for erfaringsutveksling og diskusjon av faglege tema som kriminalitetsutvikling, lovspørsmål, metodespørsmål, innsats mot særskilde kriminalitetsformer m.m.

Som ledd i den strategiske kampen mot organisert kriminalitet i Austersjøområdet er det etablert eit samarbeid mellom riksadvokatane i regionen, mellom anna gjennom det årlege Baltic Sea -møtet. Dette skjer i samspel med politisamarbeidet under Task Force on Organised Crime in Baltic Sea Region , som er etablert av Austersjørådet.

Politisamarbeid – forholdet til EU

Som ikkje-medlem i EU må Noreg mellom anna ha nære bilaterale kontaktar med EU-landa. Ein viktig strategi for Noreg er først og fremst å samarbeide med dei andre nordiske landa som er medlemmer av EU for å få støtte for våre interesser overfor EU og for å innhente informasjon som vi treng om dei pågåande justispolitiske prosessane i unionen.

Miljøkriminalitet

I april 1999 avgjorde riksadvokatane i Austersjølanda at det skulle nedsetjast ei ekspertgruppe som skulle utføre undersøkingar om internasjonal miljøkriminalitet i Austersjølanda. Gruppa har utarbeidd to rapportar om innsats mot forureining frå skip i Austersjøområdet. Det er etablert eit samarbeid med ei arbeidsgruppe for kamp mot miljøkriminalitet under Task Force on Organised Crime , ei arbeidsgruppe som fram til i år (2006) har vore under norsk formannskap.

Samarbeid om kriminalomsorga

Det forpliktande internasjonale samarbeidet på fagfeltet kriminalomsorg er avgrensa. Dei nordiske landa har derimot vore aktive i samarbeidet i regi av Europarådet.  

Særleg viktig er det òg at det i nordisk samanheng i mange år har vore eit tett administrativt og fagleg samarbeid. Leiinga for kriminalomsorga i dei nordiske landa møtest årleg for å drøfte utfordringar og dele erfaringar.

Den nordiske fagrørsla har eit eige samarbeidsorgan, Nordiske fengselsfunksjonærars union. Kvart år går det føre seg ei tenestemannsutveksling mellom medarbeidarar innan kriminalomsorga i dei nordiske landa. Ordninga er administrert av sentrale organ i kriminalomsorga og fagrørsla i fellesskap.

I alle dei nordiske landa har eigne etatsspesifikke institusjonar med ansvar for grunn- og vidareutdanning av tenestemenn til no vore knytte til kriminalomsorga. Utdanningsmodellane i fleire av dei nordiske landa blir for tida gjennomgådde. Frå norsk side har ein i denne vurderingsprosessen lagt stor vekt på å innhente erfaringar frå dei andre nordiske landa. Det er etter kvart blitt oppretta mindre forskingseiningar i tilknyting til desse utdanningsinstitusjonane. Òg på dette området er det nordiske samarbeidet under utvikling.

Dei seinare åra har vi òg fått fleire fagspesifikke samarbeidsforum. Desse foruma drøfter mellom anna tryggingsspørsmål, spørsmål i samband med misbruk av narkotika i fengsel og spørsmål knytte til arbeid og undervisning i fengsel.

Såkalla påverkingsprogram er blitt introduserte i nordisk kriminalomsorg. Desse programma er i hovudsak utvikla i Canada og Storbritannia. Det er oppretta eit eige nordisk forum som skal utveksle erfaringar knytte til implementering av desse programma i nordisk kriminalomsorg.

For å kunne dra nytte av nordiske erfaringar på fagområdet friomsorg, møtest årleg representantar frå aktuelle departement og direktorat for å utveksle erfaringar. Dei seinare åra har det vore særleg stor interesse knytt til bruken av samfunnsteneste og samfunnsstraff.

Redningstenestesamarbeid

Det nordiske redningstenestesamarbeidet NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skadar på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker.

Avtalen skal komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Overordna mål er å utveksle informasjon, føre menneske saman og bryte faggrenser. NORDRED-kontaktgruppa møtest to til fire gonger i året, og konferansar blir haldne tredjekvart år. 2006-konferansen vart arrangert på Island 3.–5. mai i år.

Det er utarbeidd ei nordisk tenestehandbok, arrangert alarmøvingar og oppmuntra til grensekommunalt og lokalt samarbeid. Ettersom det er EU-medlemmer Noreg samarbeider med i NORDRED, kan EU-direktiv på fagområdet ha innverknad òg på Noreg og samarbeidet mellom NORDRED-landa.

Samarbeid om samfunnstryggleik

Det er nær kontakt og godt samarbeid mellom dei nordiske landa innan samfunnstryggleik og beredskap. Det blir jamleg halde informasjonsmøte mellom generaldirektørane og på embetsnivå. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Justisdepartementet har ein aktiv dialog med andre nordiske styresmakter knytte til utveksling av kunnskap og erfaringar.

For å støtte FN i humanitære hjelpeoperasjonar er det inngått avtalar med alle dei nordiske landa og med Storbritannia og Nederland om deltaking i UNDAC-systemet ( United Nations Disaster Assessment and Coordination ). Desse landa samarbeider i nettverket International Humanitarian Partner­ship (IHP) om å stille ressursar til rådvelde for FN i praktisk naudhjelpsarbeid. I dette nettverket blir det arrangert fellesøvingar for internasjonale innsatsstyrkar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap deltek i planlegging og gjennomføring av Triplex-øvingane. Noreg arrangerte ei Triplex-øving med deltakarar frå 20 land i Mjøsregionen i september 2004. Øvinga skulle synleggjere gevinstar og potensiell usemje ved eit sivil-militært samarbeid.

Alle dei nordiske landa deltek i EUs handlingsprogram for sivil beredskap, Community Action Programme in the Field of Civil Protection . Føremålet med handlingsprogrammet er å støtte opp om og utfylle den verksemda lokale, regionale og sentrale styresmakter driv innanfor sivil beredskap. Frå norsk side er det innleidd samarbeid med dei andre nordiske landa ut frå konkrete prosjekt.

Som ei vidareføring av handlingsprogrammet har EU oppretta ein felles samordningsmekanisme for sivil krisehandtering. Mekanismen gjer EU meir operativt og legg til rette for mobilisering av intervensjonsteam, ekspertar og andre ressursar til eit kriseområde i eller utanfor EU. Noreg og Island har delteke i mekanismen sidan 1. januar 2003, og har utvikla eit godt samarbeid med dei andre nordiske landa når det gjeld sivilberedskapssaker i EU. Både handlingsprogrammet og samordningsmekanismen blir avslutta ved utgangen av 2006. Etter planen skal eit nytt instrument for sivil krisehandtering tre i kraft 1. januar 2007, og skal fungere til 2013. Det nye instrumentet representerer nye utfordringar for norsk deltaking i sivil beredskap i EU. Samarbeidet med dei andre nordiske landa blir viktig i samband med overgangen til nytt instrument.

Alle dei nordiske landa deltek elles i NATO-samarbeidet om sivil beredskap i Partnarskap for fred (PfP). Frå norsk side er det lagt stor vekt på å styrkje partnarsamarbeidet i NATO.

Eit godt døme på nordisk samarbeid i NATO er det felles nordiske prosjektet om utviklinga av generelle retningslinjer for vern av sivilbefolkninga mot angrep med masseøydeleggingsmiddel (CBRN). Som ei følgje av auka fokus på beredskap mot hendingar med bruk av kjemiske, biologiske og radiologiske (CBRN) våpen i NATO vart det frå norsk side teke initiativ til å utarbeide eit grunnlagsdokument med generelle retningslinjer for utstyr, opplæring og prosedyrar. Prosjektet er utført i samarbeid med svenske og finske styresmakter, og har hatt som siktemål å gje NATO/EAPC-landa større evne til å verne sivilbefolkninga. Hausten 2004 vart det halde ein konferanse i Kuopio i Finland. I 2005 vart det halde ekspertgruppemøte i Kuopio og ein konferanse i Karlstad i Sverige. I oktober 2006 vil Noreg og NATO vere vertskap for ein konferanse i Trondheim der sluttrapporten blir presentert og drøfta av deltakarar i EAPC.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap deltek i Nordisk komité for samordning av eltryggleiksspørsmål (NSS). Medlemmer i NSS er dei nasjonale styresmaktene med ansvar for eltryggleiken. Noreg har i meir enn 10 år hatt sekretariatet for komiteen. NSS har i tillegg undergrupper på område som marknadskontroll, analyse og informasjon.

Det siste møtet i NSS vart halde i Tønsberg 1.–2. juni 2006 med deltakarar frå Sverige, Danmark, Finland, Island, Grønland og Færøyane.

Komiteen er nyttig for Noreg fordi vi her får høve til å påverke dei aktuelle prosessane i EU på ein direkte og samordna måte, særleg i samband med utviklinga av direktiv etter «den nye metoden» i EU.

På produkttryggleiksområdet har det skjedd endringar i Nordisk Ministerråd (NMR) det siste året. Mellom anna har ein valt å leggje ned gruppa EK-Konsument. På dette området er samarbeidet under Nordisk Ministerråd avgrensa til Forum for standardisering og produkttryggleik. Her blir det arbeidd med konkrete prosjekt, men det er berre løyvd midlar frå NMR for inneverande år. Det kan difor tenkjast at dette forumet òg vil bli avvikla.

Dei nordiske styresmaktene med ansvar for produkttryggleik etablerte i 2005 Nordisk produkttryggleiksforum. Her deltek berre representantar for styresmaktene. Forumet møtest to gonger i året for å diskutere ulike sider ved produkt­tryggleik med utgangspunkt i arbeidet som går føre seg i EU. Felles marknadskontrollaktivitetar er eitt område dei nordiske styresmaktene framleis vil samarbeide om. DSB prioriterer å delta i dette samarbeidet.

Det er etablert god kontakt og godt samarbeid mellom dei nordiske landa innan brannførebyggjande arbeid. Årleg blir det halde eit nordisk brannførebyggjande forum med leiarar og utvalde saksbehandlarar frå dei sentrale brannvernstyresmaktene i dei ulike landa. Møtet tek sikte på gjensidig utveksling av informasjon, oppdateringar, erfaringar og idear. I tillegg møtest brannførebyggjande personell i ulike samanhengar avhengig av tema.

EU-handlingsprogrammet for sivil beredskap omfattar òg brannførebyggjande aktivitetar. Det er utgjeve ein eigen rapport med tilrådingar på området. Sverige, Finland og Noreg har vore aktive partar i dette arbeidet. Noreg deltek òg i arbeid innan oppgradering av branntryggleik i eksisterande tunnelar i regi av EU.

Samarbeidet med Baltikum og dei nye medlems­landa i EU

Gjennom EØS-finansieringsordninga utviklar Noreg eit samarbeid med dei nye medlemslanda i EU når det gjeld grensekontroll og utvikling og modernisering av institusjonar og funksjonar i kampen mot kriminalitet og i strafferettsapparatet. Både politi og fengselssystem står sentralt blant fagfelta der Noreg ønskjer å hjelpe nye og kommande EU-land med å bli betre i stand til å førebyggje og handtere den aukande kriminaliteten.

Innanfor ramma av EØS-finansieringsordninga blir det arbeidd med å etablere ei rekkje justispolitiske samarbeidsprosjekt. Fleire prosjekt er skisserte, men arbeidet er tidkrevjande. Kriminalomsorga vil i særleg grad prioritere samarbeidet med Latvia, der den første utlysingsrunda for prosjektmidlar blir avvikla hausten 2006. Tiltaka har avløyst samarbeidsordningane som vart gjennomførte på prosjektbasis då dei baltiske landa var søkjarar til EU.

Parallelt med samarbeidet gjennom EØS-finansieringsmekanismane vil Noreg framleis delta i det omfattande justis- og innanrikspolitiske samarbeidet i Austersjøområdet. Baltic Sea Task Force on Organised Crime legg til rette for eit uformelt, kontinuerleg samvirke mellom fleire rettshandhevingsorgan i dei aktuelle landa. Samarbeidet går føre seg på fleire nivå, både mellom ekspertar på ulike fagfelt og på politisk nivå. Her diskuterer ein både strategiske spørsmål om utviklinga i samarbeidet og operative aksjonar som blir gjennomførte med jamne mellomrom.

Gjennom grensesamarbeidet Baltic Region Border Control Cooperation er det lagt opp til eit tett samarbeid om kontrollen av yttergrensene, særleg sjøgrensekontrollen.

Nordisk-baltisk kontaktgruppe (Nordic Baltic ­Contact Group, NBCG)

Under det nordisk-baltiske justisministermøtet i Reykjavik 3. november 1999 vart det avgjort at det skulle opprettast ei kontakt- og samarbeidsgruppe på embetsmannsnivå med mandat til å fastsetje meir detaljerte rammer for samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske landa og å følgje opp prioriteringane frå dei nordisk-baltiske justisministermøta. Gruppa hadde sitt første møte i mars 2000, og har sidan komme saman etter behov. Gruppa har ein medlem frå kvart av dei nordiske og baltiske landa og ein representant frå Nordisk Ministerråd.

Gruppa arrangerer konferansar og seminar og har ansvaret for å førebu dei nordisk-baltiske justisministermøta som finn stad omtrent annakvart år. Gruppa møttest sist i Druskinikai i Litauen 14.–15. september 2005. Frå norsk side vart det halde eit innlegg om aukande rettsleggjering ( increasing power of the courts and legal rights ). Det framtidige nordisk-baltiske samarbeidet vart òg teke opp på dette møtet. Vidare stod samarbeid mellom dei nordisk-baltiske landa og Russland på saklista, og likeins straffeansvar for juridiske personar.

Det neste nordisk-baltiske justisministermøtet blir halde i Finland i 2007/2008. Noreg skal ha formannskapen i NBCG i 2006/2007.

Samarbeidet med fengselsvesenet i dei baltiske ­landa og Nordvest-Russland

Europarådet tok i 1996 initiativ til eit samarbeid mellom kriminalomsorga i dei nordiske landa og fengselsvesenet i dei baltiske landa. Frå norsk side vart dette prosjektet sett på som ei støtte til dei baltiske statane i søknadsprosessen overfor EU. Prosjektet gjekk under namnet Nor-Balt Prison Project , og vart formelt avvikla 1. mai 2004. Parallelt med dette har Nordisk Ministerråd hatt mindre samarbeidsprosjekt med baltisk fengselsvesen. Frå norsk side blir det no arbeidd med å etablere eit fagleg samarbeid med latvisk kriminalomsorg, og fleire prosjekt er under utarbeiding. Samarbeidet går føre seg innanfor EØS-finansieringsmekanismane.

Europarådet tok i 1998 initiativ til eit tilsvarande samarbeidsprosjekt med russisk fengselsvesen, Twin Prison Project . Deltakarar i dette prosjektet har forutan Russland og Noreg vore tre tyske forbundsstatar. Samarbeidet mellom norsk og russisk fengselsvesen må kallast svært vellukka, og vi har inntrykk av at samarbeidet er høgt verdsett på russisk side.

Det praktiske samarbeidet har i hovudsak vore konsentrert om Nordvest-Russland, men har fått ein god del merksemd òg på sentralt hald i Russland. Dei siste åra har samarbeidet endra karakter frå å vere eit materielt bistandsprosjekt til i hovudsak å vere ein fagleg dialog. Mellom anna vil tilhøva for kvinner i fengsel vere eit viktig tema i den faglege dialogen framover.

Samarbeidet har ikkje berre vore knytt til fengselstenesta, men òg til dei andre justisstyresmaktene. Dette har mellom anna ført til at det våren 2006 vart underteikna ein generell justispolitisk samarbeidsavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen skal følgjast opp av toårige handlingsplanar, og den første handlingsplanen for 2007–2008 er under utarbeiding.

Samarbeid om grensespørsmål m.m. med Nordvest-Russland

Norske styresmakter har utvikla eit godt samarbeid med russiske grensestyresmakter om alle grensespørsmål i nord. Saman med Finland er det etablert eit trilateralt samarbeid for kamp kriminalitet over landegrensene.

Nordvest-Russland og redningstenestesamarbeidet

Noreg, Sverige, Finland og Russland har gjennom Barents-samarbeidet ( Barents Euro-Arctic Council ) sett ned arbeidsgrupper for å vidareutvikle øvingar, utdanning og avtalar innan rednings- og beredskapsarbeid i regionen. Ein landredningsavtale var ferdig utarbeidd i Oslo i slutten av april 2006, og det er berre dei formelle prosedyrane som står att før avtalen kan underteiknast og setjast i kraft.

Det blir jamleg halde fellesøvingar i rednings- og beredskapsarbeid i regionen. Noreg stod for leiinga av den siste øvinga, Barents Rescue 2005 . Neste øving i 2007 får finsk leiing.

Det er underteikna ein sjøredningsavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen utfyller føresegnene i IMO-konvensjonen om søk og redning til sjøs av 1979. I samarbeid med Russland blir det årleg gjennomført sjøredningsøvingar i Barentshavet.

Etter initiativ frå den norske justisministeren har dei nordiske justisministrane avgjort at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere ei vidare utvikling av samarbeidet mellom dei nordiske påtalemaktene. I mandatet for gruppa ligg det m.a. å gjere greie for korleis samarbeidet er i dag og for behovet for ytterlegare samarbeid.

6.11 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktning­spørsmål

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit samarbeidsforum som drøftar aktuelle flyktning- og migrasjonspolitiske spørsmål. Målet er å leggje eit grunnlag for utviklinga av fellesnordiske haldningar og ordningar på området. Formannskapen roterer mellom landa og gjeld for eitt år om gongen. Danmark skal ha formannskapen frå juli 2006 til juni 2007, Island frå juli 2007 til juni 2008. Noreg skal neste gong ha formannskapen i 2008–2009.

Det blir halde to møte i året på embetsnivå. I tilknyting til det eine embetsmannsmøtet blir det halde eit ministermøte. Dersom det er behov for å gå djupare inn i utvalde emne, kan det innkallast til adhocmøte. Det har vore halde samarbeidsmøte mellom dei nordiske og baltiske landa, men det er ikkje etablert eit felles forum.

NSHF har sett ned arbeidsgrupper for meir inngåande drøfting av enkelte tema. For tida er arbeidsgrupper aktive på følgjande område: EU/Schengen, austspørsmål, ny busetjing, tilbakevending, retur til Kosovo.

Nordisk utlendingsutval

Utvalet har utspring i den nordiske pass­kontrollavtalen, og skulle opphavleg behandle fellesnordiske problemstillingar knytte til denne. Utvalet har dei seinare åra utvikla seg til å bli eit forum som diskuterer alle typar spørsmål på utlendingsfeltet, og er no eit møte mellom dei nordiske direktørane for utlendingsforvaltninga med utvalde medarbeidarar. Utvalet diskuterer tema på eit overordna nivå, og har sett ned arbeidsgrupper for å følgje opp praktiske spørsmål eller utføre djupare analysar. Det er oppretta arbeidsgrupper for statistikk, asyl – med undergruppe Dublin-spørsmål, EU/EØS/Schengen og ei førebels gruppe for biometrispørsmål, som ein vurderer å gjere permanent. Det er semje om at arbeidet er nyttig og medverkar til å utvikle felles nordiske haldningar, ikkje minst i saker som er aktuelle i andre internasjonale forum, særleg EU.

Nordisk migrasjonsutval

Migrasjonsutvalet er underlagt embetsmannskomiteen for arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøpolitikk (EK-A). Utvalet er tverrsektorielt samansett med representantar frå dei aktuelle departementa i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Utvalet møtest to gonger i året. Formannskapen er frå 2002 eittårig og ambulerande. Noreg har formannskapen i 2006.

Migrasjonsutvalet er sett ned for å utveksle informasjon om spørsmål på migrasjonsområdet, mellom anna om lovgjevande og administrative tiltak og om statistikk på utlendingsområdet. Migrasjonsutvalet skal òg diskutere nye initiativ til integrasjon av innvandrarar og flyktningar i samfunnet generelt og på arbeidsmarknaden spesielt. Utvalet har i oppgåve å førebu møta i embetsmannskomiteen på sitt eige faglege arbeidsområde. Vidare fordeler utvalet sine prosjektmidlar på aktuelle politiske område. Migrasjonsutvalet skal òg medverke til formidling av forskingsresultat og informasjon om migrasjonen i nordisk samanheng.

Utveksling av informasjon og kunnskap skjer gjennom utarbeiding av landrapportar før utvalsmøta og gjennom prosjekt, hovudsakleg i form av konferansar, i tråd med det som vart skissert i St.meld. nr. 30 (1999–2000). I Noreg vart det i februar 2005 arrangert ein nordisk konferanse om praksisplassar i introduksjonsordning for innvandrarar. I juni 2006 skal Noreg arrangere ein nordisk konferanse om hjelp-til-sjølvhjelpsmetodikk for innvandrarar.

Som eit ledd i omstruktureringa av komitear og utval under Nordisk Ministerråd er Migrasjonsutvalet føreslege nedlagt frå 2007.

6.12 Administrasjon og forvaltning

Dei sentrale statlege arbeidsgjevarorganisasjonane i dei nordiske landa har i mange år hatt eit nært samarbeid. Dette skjer gjennom ein statleg arbeidsgjevarkonferanse for alle dei nordiske landa. Konferansen blir arrangert annakvart år. Hausten 2006 vart konferansen halden på Island. Samarbeidet går òg føre seg gjennom arbeid i grupper som er etablerte på ulike personalpolitiske område. Det blir dessutan arrangert ein årleg nordisk pensjonskonferanse der representantar for dei statlege tenestepensjonsordningane møtest. I 2006 var Sverige vertskap for konferansen.

Nordisk Ministerråd har etablert eit nordisk lønns- og personalutval som består av leiande representantar for den statlege arbeidsgjevarsida i Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg. Utvalet er eit rådgjevande organ for Nordisk Ministerråd (samarbeidsministrane) og Nordisk Råds presidium i lønns- og personalspørsmål.

I 1978 oppretta Nordisk Ministerråd ei tenesteutvekslingsordning for alle grupper statstilsette i dei nordiske landa. Ordninga har til føremål å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske statsetatane og å gje impulsar til nytenking på eige arbeidsfelt. Nordisk Ministerråd løyver kvart år pengar til stipendmidlar for tenesteutvekslinga.

I dei åra nordisk tenesteutveksling har eksistert, har mange nordiske statstilsette nytta seg av ordninga. Norske stipendiatar som har avslutta utvekslingsopphald, rapporterer om verdifull læring og nye innfallsvinklar til eigne arbeidsoppgåver. Opphaldet har òg gjeve eit fagleg kontaktnett for stipendiatane og verksemdene deira. Interessa for nordisk tenesteutveksling er stor i dei nordiske landa. Det er spesielt mange søkjarar frå den norske statstenesta.

Konkurransepolitisk samarbeid

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har eit nært samarbeid i form av møte, i aktuelle nasjonale saker og gjennom nordiske prosjekt. Ein samarbeider òg om utvikling av konkurransereglar i EU, EØS og andre internasjonale forum.

Dei nordiske konkurransedirektørane har vedteke retningslinjer for samarbeidet i enkeltsaker. Danmark, Island, Noreg og Sverige har inngått ein avtale om samarbeid i konkurransesaker som òg omfattar utveksling av konfidensiell informasjon. Nordiske konkurransestyresmakter samarbeider både på formelt og uformelt nivå når det gjeld handheving av saker som omfattar nordiske marknader.

Det er to typar regelmessige møte: plenumsmøte og leiarmøte (direktørmøte). Nordisk plenumsmøte går av stabelen kvart år i august/september. Det har rundt 70 deltakarar frå Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Sverige. I 2005 vart møtet arrangert av færøyske konkurransestyresmakter. Emne for møtet på Færøyane var konkurranse innan miljøretta næringsverksemd, bøteutmåling og konkurranse i dei finansielle marknadene.

Plenumsmøtet vart halde i Noreg 16.–18. august 2006, der hovudemna var konkurranse i byggsektoren, informasjonsutveksling mellom bransjeorganisasjonar og lemping av sanksjonar.

Direktørmøtet blir halde kvar vår. Her blir linjene for nordisk samarbeid trekte opp. I tillegg til faglege spørsmål drøftar ein problemstillingar som har med leiing å gjere.

I 2004 vart det sett ned ei arbeidsgruppe kalla «Frå jord til bord» som skulle undersøkje og samanlikne konkurransen i matvaremarknaden. Prosjektet fekk økonomisk støtte frå Nordisk Ministerråd. Rapporten vart lagd fram hausten 2005.

I plenumsmøtet i 2005 vart det vedteke å setje ned ei nordisk arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på konkurransen i finansmarknaden, nærare bestemt for betalingsformidling. Gruppa vil leggje fram rapport og tilrådingar i plenumsmøtet i 2006.

Av pågåande samarbeid elles har ein eit prosjekt for økonomiske indikatorar og eit prosjekt der ein samanliknar verksemda til dei ulike konkurransestyresmaktene. Dessutan er det tett samarbeid mellom nordiske konkurransestyresmakter når det gjeld konkurransen i kraftsektoren og etterforskingsmetodar for å avdekkje kartell.

Til forsida