2 Konstituering og utvikling
2.1 Avslutning av den 53. generalforsamlinga
Den 53. generalforsamlinga vart førebels avslutta 11. desember 1998. Ho kom saman med jamne mellomrom våren og sommaren 1999 for å drøfte uteståande spørsmål på dagsordenen. Den 53. generalforsamlinga vart formelt avslutta 13. september 1999.
2.2 Oppnemning av delegasjon til den 54. generalforsamlinga
Til å representere Noreg på FNs 54. generalforsamling vart følgjande delegasjon oppnemnd:
Delegerte: | |
Utanriksminister | Knut Vollebæk, leiar |
Utviklings- og menneskerettsminister | Hilde Frafjord Johnson, nestleiar |
Statssekretær | Leiv Lunde, nestleiar |
Statssekretær | Janne Haaland Matlary, nestleiar |
Statssekretær | Wegger Chr. Strømmen, nestleiar |
Ambassadør | Ole Peter Kolby, nestleiar |
1. del av sesjonen: | |
Delegerte: | |
Stortingsrepresentant | Kristin Krohn Devold |
Stortingsrepresentant | Are Næss |
Vararepresentantar: | |
Stortingsrepresentant | Dag Terje Andersen |
Stortingsrepresentant | Per Erik Monsen |
Stortingsrepresentant | Torny Pedersen |
Stortingsrepresentant | Trond Giske |
Observatørar: | |
Norsk Misjonsselskaps Ungdom | |
NHO | |
Norsk Lærarlag | |
Unge Høgre | |
Kristeleg Folkepartis Kvinner | |
LO | |
FN-Veteranenes Landsforbund | |
FN-sambandet | |
NGO-Forum for Menneskerettigheter | |
Flyktningrådet | |
Mellomkyrkjeleg råd | |
Metodistkyrkja | |
Antirasistisk Senter | |
Pressemedarbeidar Hilde Harbo |
I tillegg deltok som rådgjevarar for delegasjonen medarbeidarane ved Noregs faste delegasjon til Dei sameinte nasjonane og andre norske utanriksstasjonar, samt embets- og tenestemenn som arbeider med FN-spørsmål i Utanriksdepartementet.
H.K.H. Kronprins Haakon deltok òg under delar av den 54. generalforsamlinga.
2.3 Forsamlinga si utvikling
Den 54. generalforsamlinga vart opna 14. september og førebels avslutta 23. desember 1999.
Dagsordenen for Generalforsamlinga omfatta i alt 163 punkt. Sakslista for den 54. generalforsamlinga kom til slutt opp i 170 punkt før sesjonen vart avslutta.
I den føreliggjande stortingsmeldinga er det gjort greie for dei hovudsakene som prega denne sesjonen. Som grunnlag for arbeidet sitt hadde delegasjonen på vanleg måte instruksar frå Utanriksdepartementet. Delegasjonen stod i nær kontakt med dei nordiske landa sine delegasjonar, EU-landa sine delegasjonar og andre delegasjonar som det var naturleg å samarbeide med i dei einskilde sakene.
2.4 Konstituering og val av nye medlemmer
Den 54. generalforsamlinga valde Namibias utanriksminister Theo-Ben Gurirab til president. Som visepresidentar vart valde representantane for desse landa: Algerie, Bolivia, Elfenbeinskysten, Cuba, Den demokratiske republikken Kongo, Frankrike, Grenada, Island, Iran, Irak, Kina, Litauen, Monaco, Nigeria, Russland, Seychellane, Nord-Korea, Tadsjikistan, Thailand, Storbritannia og USA.
Republikken Kiribati, republikken Nauru og kongeriket Tonga vart tekne opp som nye medlemmer av FN under den 54. generalforsamlinga. FN har dermed 188 medlemmer.
På den 54. generalforsamlinga vart det valt inn fem nye ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 2000-2001, nemleg Bangladesh, Jamaica, Mali, Tunisia og Ukraina.