3 Oversyn og vurdering av FNs 54. generalforsamling
3.1 Reform av FN
3.1.1 Reform på miljø- og busetjingsområdet
Generalsekretæren oppnemnde i 1998 ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å utarbeide tilrådingar og framlegg for å styrkje FNs arbeid på miljø- og busetjingsområdet. Miljøvernminister Guro Fjellanger var blant medlemmene av gruppa. I tråd med arbeidsgruppa sine tilrådingar vart det til den 53. generalforsamlinga føreslege 24 tiltak for å styrkje FNs arbeid på dette området både på sekretariatsnivå, i UNEP og Habitat, og på mellomstatleg nivå.
På det mellomstatlege området vart det mellom anna føreslege skipa eit globalt miljøvernministerforum, som skulle ha utgangspunkt i UNEPs styre, og som burde opnast for universelt medlemsskap. Vidare vart det føreslege oppnemnd ei miljøvernadministrasjonsgruppe (EMG) under leiing av UNEPs eksekutivdirektør og med deltaking frå alle relevante FN-organisasjonar for å sikre betre samordning, unngå duplisering og gjere FN-systemet betre i stand til å analysere og agere på utviklingstrekk med omsyn til miljø og busetjing.
Forhandlinga om framlegga i arbeidsgruppa sin rapport kom ikkje i gang før juni 1999. Utviklingslanda uttrykte stor skepsis til ideen om nærare integrasjon eller geografisk samlokalisering av konvensjonssekretariata. Det var interesse for framlegget om oppnemning av den føreslegne miljøvernadministrasjonsgruppa (EMG), men samtidig eit ønske om å avklare ei rekkje spørsmål knytt til gruppa sitt mandat. Utviklingslanda tenkte seg i utgangspunktet EMG som ein mellomstatleg prosess, medan industrilanda hevda at gruppa sin funksjon var ein sekretariatsfunksjon for styrkt samordning. Det var òg usemje om framlegget om universalisering av UNEPs styre. Det same gjaldt framlegget om at UNEP skulle ha ei rolle i miljø- og ressurskonfliktar.
Det vart semje om behovet for å styrkje FNs kontor i Nairobi, å sikre verksemda meir stabile og føreseielege økonomiske ressursar, og å medverke til betre utnytting av dei eksisterande fasilitetane i Nairobi. Ein vart òg samde om å oppnemne EMG, og det skal forhandlast om EMGs mandat under den vidareførte sesjonen av den 54. generalforsamlinga. Det lukkast òg å oppnå semje om å innføre eit årleg miljøvernministermøte og om eit framlegg om auka samordning mellom miljøkonvensjonane, men samtidig som verdien av full respekt for sjølvstyret til konvensjonssekretariata vert understreka. Vidare understrekar ein verdien av å styrkje UNEPs evne til å gjere vurderingar av globale miljømessige utviklingstrekk og organisasjonen si evne til å medverke til kapasitetsbygging og forskingsverksemd i utviklingsland. Det vart òg understreka at UNEP ikkje skal ha noka rolle i førebygging av konflikt.
3.1.2 Reform av Tryggingsrådet
Spørsmålet om reform og utviding av Tryggingsrådet er sentralt i reformarbeidet i FN. Rådet vart sist utvida i 1963, frå 11 til 15 medlemmer. Den 48. generalforsamlinga oppnemnde ei arbeidsgruppe for alle FNs medlemsland for å vurdere alle sider ved spørsmålet om ei utviding av medlemstalet i Tryggingsrådet, samt Rådets arbeidsmetodar og tilhøvet til andre medlemsland.
Arbeidet har gjeve konkrete resultat, mellom anna i form av at fleire møte og debattar i Tryggingsrådet no er opne for deltaking og innlegg av land som ikkje er medlemmer av Rådet. Noreg er blant dei landa som aktivt har nytta seg av dette høvet. Orienteringar frå FN-sekretariatet og diskusjonar i samband med resolusjonsvedtak, som tidlegare til vanleg fann stad i lukka samråd i Rådet, vert stadig oftare haldne i opne møte. I tillegg har Rådet opna opp for tematiske debattar, også om utradisjonelle tema som aids. Det har utvikla seg ei brei semje om behovet for openskap og om nytten av mekanismar for samråd, mellom anna mellom Rådet og troppebidragsytande land.
Samtidig har arbeidet i den opne arbeidsgruppa har vore prega av stor avstand i synspunkta på prinsippa for korleis ei utviding av Rådet bør gå føre seg. Det har avteikna seg brei semje om at Rådet bør utvidast for at samansetjinga av Rådet betre skal spegle dei politiske og økonomiske realitetane i verda i dag, medrekna auken i talet på medlemsland, og for at utviklingsland skal kunne få betre representasjon. Men situasjonen er fastlæst når det gjeld korleis ei utviding skal gjennomførast.
Det er særleg i spørsmålet om ei utviding av Tryggingsrådet også skal omfatte nye faste medlemmer i tillegg til dei 5 i dag, at usemja er stor. Noreg la saman med dei nordiske landa i 1995 fram eit felles posisjonspapir, der det vert føreslege ei utviding med fem nye faste medlemmer, samt eit avgrensa tal (3) ikkje-faste. Dei nordiske landa, mange vestlege land og ein del andre land har gjeve støtte til Tyskland og Japan sine kandidatur til fast plass i Rådet, samtidig som ein går inn for tre nye faste plassar til utviklingsland. Eit fleirtal av FNs medlemsland ønskjer ei utviding som òg omfattar nye faste plassar. Men eit mindretal, som mellom anna omfattar både fleire mellomstore utviklingsland og industriland, avviser ei utviding av talet på faste plassar og viser til at dette vil auke den noverande ubalansen og fungere udemokratisk. Dette vert ofte kopla til kritikk av vetoretten.
Blant dei landa som støttar nye faste plassar er det òg usemje i spørsmål som grunnlag og kriterium for utveljing av nye faste medlemmer og om det samla talet i eit utvida Tryggingsråd. USA og Russland meiner til dømes at 20-21 land må vere maksimum, av omsyn til effektiviteten i Rådet, medan utviklingslanda i hovudsak meiner at 24 er eit absolutt minimum. Også i spørsmålet om vetoretten og ei eventuell utviding av denne til å omfatte nye faste medlemmer er det behov for ytterlegare avklaring.
Arbeidsgruppa heldt fram arbeidet sitt i 1999, men forhandlingane gav ikkje noko særleg nytt. Utsiktene til vidare reell framdrift er framleis usikre. Debatten under den 54. generalforsamlinga forsterka dette inntrykket og stadfesta at situasjonen synest fastlåst.
3.1.3 Spørsmål om finansielle og administrative reformer
Den amerikanske Kongressen vedtok den 19. november 1999 den såkalla «Helms-Biden II»-lova om nedbetaling av USAs gjeld til FN. Nedbetalingspakken er på USD 926 mill. over tre år, medrekna USD 710 mill. til FNs regulære budsjett og FNs fredstryggjande operasjonar. Eit sentralt krav for å nedbetale gjelda er at USAs del av det regulære budsjettet vert senka frå 25 til 22 prosent, og at USAs del til dei fredstryggjande operasjonane vert senka frå 30 til 25 prosent. FN vedtek ein ny bidragsskala kvar tredje år. På den 54. generalforsamlinga skulle ein ha vedteke ein resolusjon som gjev rettleiing til Bidragskomiteen om korleis han skal tillempe metodologien for den nye skalaen for perioden 2001-2003. Frå dei vestlege landa har det vore eit krav gjennom heile 1990-talet å få til ei grunnleggjande reform av bidragsskalaen, for å gjere han rettferdig, enkel, pårekneleg, sjølvjusterande og felles for det regulære budsjettet og dei fredstryggjande operasjonane. I det norske innlegget om bidragsskalaen støtta vi reform av bidragsskalaen. Vi sa òg at ein no bør vurdere fordelar og ulemper ved å behalde eit tak så høgt som 25 prosent, men at ei slik vurdering berre kunne hende i samband med oppgjer av bidragsgjeld til FN. Forhandlingane om bidragsskalaen vart likevel som tidlegare prega av manglande fleksibilitet og sans for proporsjonar, og det synest å gå nasjonal prestisje i arbeidet med å minske sitt eige lands bidrag så langt det var råd. «Taket» på bidragsskalaen - som tilsvarar USAs bidrag - vart så vidt nemnt. Både EU og utviklingslanda gjekk inn for å halde på det noverande «taket» på 25 prosent. Dei afrikanske landa hevda at dersom «taket» vert senka, må det ikkje gå ut over utviklingslanda. Saka vart utsett til vidareført sesjon i mars 2000. Utviklingslanda har hittil vore heilt avvisande til å omforhandle skalaen for fredstryggjande operasjonar.
Dei fleste vestlege landa hadde store forventingar til generalsekretærens framlegg om at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Ei slik reform vil kombinere målstyring, rammeløyvingar og større fridom for sekretariatet med sterkare krav til oppfølging, resultat og resultatrapportering. Innføring av ei slik reform vil innebere ei fundamental endring i måten Generalforsamlinga arbeider på. I dag har hovudvekta vore lagt på detaljstyring og budsjettinnsatsane. Men på grunn av stor motstand frå dei fleste G77-landa, ein overbelasta dagsorden og forseinka rapportering vart det ikkje tid til noka substanshandsaming av denne saka. Handsaminga av saka vart utsett til Generalforsamlinga sin vidareførte sesjon i mars 2000.
Ein annan komponent i generalsekretærens reformframlegg som har skapt stor strid, var opprettinga av ein konto for utviklingsføremål, som skal finansierast ved hjelp av administrative innsparingar. Sjølve opprettinga av kontoen vart vedteken på den 53. generalforsamlinga. Det store problemet var likevel spørsmålet om reglane for bruk av ein slik konto. G77-land støtta av Japan kravde oppretting av ein konto der oppsamla innsparingar som følgje av effektiviseringstiltak skulle utgjere grunnlaget for utviklingskontoen i framtidige budsjett. Dette innebar at i tillegg til dei USD 13 mill. som alt stod på kontoen skulle ein plusse på årlege innsparingar frå andre budsjettpostar. Men USA kunne ikkje akseptere dette konseptet og var berre villig til å akseptere at USD 13 mill. vart teke med på utviklingskontoen for budsjettåret 2000-2001. Sjølv om kravet til oppsamla innsparingar ikkje vart teke med i den teksta som vart vedteken, set nok ikkje det vedtaket som vart fatta, nokon sluttstrek over problemet med stor usemje om framtida for kontoen. USA hevda i ei røysteforklaring at det ikkje hadde vore meininga at dette skulle verte ein permanent konto.
Eit anna spørsmål det herska stor usemje om, var spørsmålet om reform av FNs innkjøpsrutinar. Hovudproblemet er utviklingslanda sitt krav om såkalla positiv skilnadshandsaming av utviklingsland for å auke delen av FNs innkjøp frå desse landa. EU kravde at FN under elles like omstende skulle føretrekkje leverandørar frå medlemsland som ikkje er meir enn eitt år på etterskot med bidraga sine til FNs regulære budsjett. Utviklingslanda måtte til slutt gje opp kravet om eit bindande vedtak om positiv skilnadshandsaming under den 54. generalforsamlinga etter sterk motstand frå USA og EU. Kompromisset vart at generalsekretæren framleis skal undersøkje på kva måtar FN kan auke sjansane for utviklingsland til å få innkjøpskontraktar samtidig som det vert teke omsyn til andre FN-organ si røynsle med positiv skilnadshandsaming og rapportere om dette i generalsekretærens neste rapport om innkjøpsreformer. EU gav deretter opp kravet om at FN skulle føretrekkje leverandørar frå dei landa som hadde betalte bidraga sine.
Når det gjaldt personellspørsmål og løns- og tenestevilkår, låg det føre eit reformframlegg om at Generalforsamlinga skulle innleie ein gjennomgang av Den internasjonale tenestemannskommisjonen (ICSC). ICSC gjev Generalforsamlinga innstilling om løns- og tenestevilkår som gjeld for heile FN-systemet med unntak av Bretton Woods-institusjonane. ICSC har samarbeidsproblem med FNs personalorganisasjonar, som er sterkt kritiske til ICSCs arbeid og meiner at det ikkje vert teke omsyn til synspunkta deira. Under den 54. generalforsamlinga gjekk fagforeiningane inn for betre lønsvilkår og kritiserte manglande karrieretilbod innan organisasjonen. Når det gjeld framlegget om ein gjennomgang av ICSC meinte dei fleste vestlege landa at Kommisjonen kan forbetre arbeidsmetodane sine, medan fleire land i G77 avviste ein gjennomgang fordi dei meiner at Kommisjonen per i dag fungerer tilfredsstillande. Formannen i ICSC kjem frå eit G77-land og tolkar kravet om ein gjennomgang som kritikk. I vedtaket som vart fatta, vart spørsmålet om reglane for ein gjennomgang utsett til den 55. generalforsamlinga i påvente av ein rapport frå generalsekretæren.
3.2 Nedrusting og internasjonal tryggleik
Handsaminga av nedrustingssakene under Generalforsamlinga dette året var prega av stor pessimisme. Dette spegla klart ei internasjonal utvikling med fleire tilbakeslag på områda rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Denne utviklinga vart illustrert mellom anna ved den kjernefysiske opprustinga i Sør-Asia, manglande rørsle i den bilaterale kjernefysiske nedrustingsprosessen mellom USA og Russland, eit amerikansk ønske om revisjon av ABM-avtalen, det amerikanske Senatet sitt nei til ratifikasjon av prøvestansavtalen (CTBT) og manglande resultat med omsyn til styrking av ikkje-spreiingsavtalen (NPT).
Det var såleis kjernevåpenspørsmåla som stod i forgrunnen under sesjonen dette året. Den såkalla 7-landsgruppa eller «ny agenda»-koalisjonen la for andre år fram eit resolusjonsutkast om kjernefysisk nedrusting. Utkastet fekk stor politisk merksemd. Resolusjonen vart vedteken, men kjernevåpenstatane, med unntak av Kina, røysta mot. Noreg og dei fleste NATO-landa og andre vestlege land avstod som i fjor. Med unntak av kjernevåpenstatane var Polen og Ungarn dei einaste NATO-land som røysta mot resolusjonen.
Med referanse til amerikansk lovgjeving som opnar for utvikling av eit nasjonalt rakettforsvar (ABM), la Russland, med støtte frå Kviterussland og Kina, fram eit resolusjonsframlegg som understreka verdien av ABM-avtalen og var ein kritikk av freistnader på å få endringar i avtalen som opnar for slike tiltak. Då ABM-avtalen i første instans er ei sak for dei to avtalepartane, og USA gjekk imot framlegging av resolusjonen, valde Noreg og dei andre NATO-landa, med unntak av Frankrike, å avstå under røystinga. Desse landa heldt ei felles røysteforklaring som òg fekk tilslutnad frå ei rekkje andre likesinna land, der ein la vekt på at ein ikkje kan slutte seg til ein resolusjon som ikkje har støtte frå dei to avtalepartane. Resolusjonen vart likevel vedteken med stort fleirtal.
Det vart vedteke å ikkje leggje fram eit resolusjonsframlegg om å starte forhandlingar om eit forbod mot produksjon av spaltbart materiale for våpenføremål fordi det, mellom anna pga. kinesisk motstand, ikkje var mogleg å få vedteke resolusjonen med konsensus.
På den konvensjonelle sida stod problema knytte til ukontrollert spreiing av handvåpen sentralt. Sør-Afrika la fram ein resolusjon om ulovleg handel med handvåpen som mellom andre Noreg var medframleggsstillar til. Ein annan resolusjon introdusert av Japan om ein internasjonal konferanse om handvåpen vart gjenstand for lange og vanskelege forhandlingar. Det vart vedteke at det skal haldast ein slik konferanse i juni/juli 2001, med tre førebuande sesjonar for å vedta konferansen sin møtestad, dagsorden, deltaking, naudsynt dokumentasjon, sluttdokument o.l. Frå norsk side arbeidde ein, saman med til dømes EU-land og Sør-Afrika, for ein meir einskapleg, open og inkluderande førebuande prosess og eit klarare mandat for deltaking av ikkje-statlege organisasjonar enn kva den vedtekne resolusjonen legg opp til.
3.3 Regionale konfliktar
3.3.1 Afrika
I Den demokratiske republikken Kongo tok ein breitt samansett allianse under leiing av Laurent Kabila makta i 1997. Landet vart likevel etter kort tid kasta inn i ein ny borgarkrig, med omfattande innblanding frå fleire naboland. Zimbabwe, Angola og Namibia støttar Kabila, medan Kabilas tidlegare støttespelarar Rwanda og Uganda er involverte på opprørarane si side. Opprørsrørslene CRD (Congolese Rally for Democracy) og MLC (Movement for the Liberation of Congo) har i over to år kontrollert store delar av landet. Det er stor uro i det internasjonale samfunnet for at konflikten kan spreie seg. Det er òg uro over at konflikten vil kunne føre til ei varig deling av landet. I den seinare tida har det vore aukande motsetningar mellom opprørsgruppene, og mellom Uganda og Rwanda òg.
Etter ein forhandlingsprosess i regi av Den regionale samarbeidsorganisasjonen i det sørlege Afrika (SADC) og Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU), leidd av Zambias president Chiluba, vart det den 10. juli 1999 underskrive ein våpenkvileavtale i Lusaka. Pga. intern usemje om kven som kunne representere opprørsgruppene, skreiv ikkje desse under avtalen før 31. august. Som ein del av avtalen skal det haldast ein nasjonal dialog mellom representantar for styresmaktene og opposisjonen om den politiske framtida for landet. Ketumile Masire, tidlegare president i Botswana, er oppnemnd som leiar for gjennomføring av dialogen. Det er oppnemnd ein felles militær kommisjon og politisk komité for partane i konflikten. Denne skal fatte vedtak med omsyn til gjennomføringa av avtalen i ein overgangsfase, under overoppsyn av OAU og FN. Tryggingsrådet gav like etter underskrivinga av Lusaka-avtalen mandat til utplassering av opptil 90 militære sambandspersonell. Pga. manglande tilgjenge, tryggleiksgarantiar og samarbeid frå dei stridande partane har FN så langt ikkje gjeve mandat til militære observatørar eller ein fredstryggjande operasjon i FN-regi. Stadige brot på våpenkvila har ført til at mange medlemmer av Tryggingsrådet ønskjer eit grundig førebuingsarbeid før det eventuelt vert gjeve eit mandat for meir omfattande operasjonar.
Etter Pierre Buyoyas statskupp i juli 1996 har det vore borgarkrigsliknande tilstandar i Burundi. Freistnadene på å løyse konflikten har vore fokusert på den såkalla Arusha-prosessen under leiing av tidlegare president i Tanzania, Julius Nyerere. Prosessen har så langt gjeve få konkrete resultat, mellom anna pga. usemje om kva partar som har rett til å delta i forhandlingane. Dei regionale sanksjonane har ikkje hatt dei tilsikta verknadene, og i januar 1999 vedtok nabolanda å suspendere desse. Den siste delen av 1999 har vore karakterisert ved ei forverring av dei politiske, militære og humanitære tilhøva i landet. Det har vore ei radikalisering av somme politiske grupperingar og ein kraftig auke i væpna samanstøytar mellom opprørarane og hæren. Tryggleikssituasjonen har ført til at styresmaktene har gjennomført ei omfattande flytting av folket i områda rundt Bujumbura til såkalla sikre område. Dette er leirar som har svært dårlege humanitære tilhøve. I oktober 1999 vart to representantar frå WFP og UNICEF drepne og ein UNDP-representant hardt skadd i ein flyktningleir sør i Burundi. Etter Nyereres død hausten 1999 vart Nelson Mandela den 1. desember 1999 oppnemnd som leiar for Arusha-forhandlingane.
Den sentralafrikanske republikken vart i 1996 råka av omfattande sosial uro og væpna samanstøytar utløyst av eit opprør i dei væpna styrkane i landet. Det fransk-afrikanske toppmøtet vedtok i januar 1997 å skipe ein inter-afrikansk fredstryggjande styrke (MISAB) for å overvake gjennomføringa av ei fredsløysing. I august 1997 vedtok Tryggingsrådet eit mandat for ein styrke (MINURCA) som mellom anna omfatta bistand til valførebuing. Parlamentsvala vart gjennomførte i november/desember 1998 på ein tilfredsstillande måte. Presidentvala i andre halvdel av 1999 vart likevel sett på som endå viktigare, og generalsekretæren foreslo difor at nedtrappinga av MINURCAs nærvere vart utsett, og at MINURCA medverka til valførebuingane, omstrukturering av dei væpna styrkane og trygging av tryggleikssituasjonen. Presidentvalet vart halde 19. september og president Patassé fekk det naudsynte fleirtalet for å halde fram i vervet. MINURCAs nærvere skal gradvis trappast ned i perioden fram til 15. februar 2000 for å sikre overgangen til eit FN-kontor som skal arbeide for nasjonal forsoning, styrking av demokratiske institusjonar og tilrettelegging for internasjonal politisk og økonomisk støtte til landet.
Fredsprosessen i Angola stoppa opp då motstandsrørsla UNITA nekta å akseptere nederlaget i dei første frie vala i landet i 1992. Ein ny fredsavtale vart inngått i Lusaka i 1994, og denne utgjorde grunnlaget for ein fredsprosess under nærvere av den fredstryggjande FN-operasjonen UNAVEM. UNAVEM vart i juni 1997 erstatta av observatørstyrken MONUA. Noreg har delteke med militærobservatørar i begge desse operasjonane. Eit viktig framsteg vart gjort i april 1998 med skipinga av ei samlingsregjering med medlemmer frå UNITA og MPLA. Dette vart likevel følgd av ein fase med auka spenning, mellom anna som følgje av utviklinga i Kongo. UNITA-leiaren Jonas Savimbi nekta å overgje kontrollen over strategisk viktige område til samlingsregjeringa trass i at Tryggingsrådet innførte skjerpa sanksjonar for å framtvinge oppfylling av denne delen av Lusaka-avtalane. Det vart òg klart at rørsla hadde behalde monaleg større militær kapasitet enn det som hadde vorte opplyst til FNs demobiliseringsprogram.
I løpet av 1998 auka den militære spenninga i Angola, og som følgje av ei militær opptrapping frå UNITAs side innleidde regjeringsstyrkane mot slutten av året ein militær offensiv mot dei viktigaste basane til UNITA. Situasjonen utvikla seg på nytt til ein regulær borgarkrig. Fordi det ikkje var mogleg for MONUA å halde fram aktivitetane sine, vart det våren 1999 fatta eit vedtak om utfasing av operasjonen. Samtidig skulle FN forhandle med Angolas styresmakter om å skipe eit FN-kontor med eit meir avgrensa mandat. Tryggingsrådet vedtok i oktober å skipe eit slikt kontor (UNOA). I lys av røynslene med fredsprosessen og UNAVEM har styresmaktene si haldning til FN vore prega av mistru. Våren 1999 vart det oppretta to panel under FNs sanksjonskomité for Angola. Desse skal vurdere tiltak for å effektivisere sanksjonane mot UNITA. Det er alt klart at sanksjonane retta mot UNITA har byrja å svekkje organisasjonen si evne til å føre krig. Dette har medverka til eit noko betre tilhøve mellom styresmaktene i Angola og FN.
Ein junta under leiing av Johnny Koromah tok i mai 1997 makta i Sierra Leone ved eit militærkupp. Den tidlegare presidenten i landet, Kabbah, vart likevel innsett på nytt i mars 1998 etter at den regionale fredstryggjande styrken ECOMOG tok kontrollen over hovudstaden Freetown og store delar av landet. FNs tryggingsråd sette i gang observatøroperasjonen UNOMSIL, som skulle gje råd til sierraleonske styresmakter og samtidig vareta kontakten med ECOMOG. Styrkar med tilknyting til den tidlegare juntaen og opprørsrørsla RUF (Revolutionary United Front) heldt fram kampane i den nordaustlige delen av landet. Grufulle overgrep mot sivile, til dømes lemstringar, vilkårlege drap og seksuelle overgrep, inngjekk i strategien til opprørarane. Mot slutten av 1998 innleidde opprørarane ein offensiv som førte til at dei på nytt tok og heldt hovudstaden i ein kort periode før dei vart drivne ut av ECOMOG-styrkar. Den korte intervensjonen i området påførte lokalsamfunnet store lidingar. Den humanitære situasjonen for dei mange internflyktningane i opprørskontrollerte område var svært vanskeleg. ECOMOG, som i hovudsak bestod av troppar frå Nigeria, forsterka etter dette kontrollen sin over dei sørlege delane av landet. Tryggingsrådet gjekk inn for ei tospors tilnærming der ein (1) støtta ECOMOG og (2) arbeidde for ei forhandlingsløysing mellom partane i konflikten. Etter innføring av våpenkvile vart det 7. juli 1999 underskrive ein fredsavtale for Sierra Leone. Avtalen skipar ei overgangsregjering med representasjon frå opprørsgruppene. Den mest kontroversielle delen av avtalen er eit allment amnesti for opprørsleiarane og medlemmer av opprørsorganisasjonane. I tråd med at avtalen opnar for ein internasjonal fredstryggjande styrke vedtok Tryggingsrådet å endre observatøroperasjonen til ein omfattande fredsoperasjon (UNAMSIL) med ein militær komponent på opptil 6 000 soldatar. Generalsekretæren ønskjer å auke dette til 11 100 soldatar. Eit nokolunde tilsvarande tal på ECOMOG-troppar er eit vilkår for eit slikt omfang. UNAMSIL arbeider, i nært samarbeid med ECOMOG, for å sikre oppfølginga av fredsavtalen, mellom anna gjennom eit program for avvæpning, demobilisering og reintegrering av tidlegare opprørssoldatar. Noreg har støtta dette programmet økonomisk og har òg ytt personell til UNAMSIL.
I første halvdel av 1998 oppstod ein stadig meir spent situasjon i tilhøvet mellom Etiopia og Eritrea. Motsetningstilhøvet mellom dei to landa har ei rekkje årsaker, men kom til uttrykk som ein territorial konflikt om grenseområdet Badme, som vart okkupert av Eritrea i midten av mai 1998. I mai/juni braut det ut alvorlege kampar, men etter eit sterkt internasjonalt press lukkast det å få stansa kamphandlingane. Samtidig med at konflikten og dei gjensidige skuldingane eskalerte, utviste begge land kvarandre sine statsborgarar i stort omfang. OAU la fram ein såkalla rammeavtale for fred i november 1998. Framlegget fekk etiopisk aksept, men vart først akseptert av Eritrea etter nye harde kampar i februar 1999, der dei eritreiske styrkane vart pressa attende frå Badme-området. Seinare har det vore intense kampar på fleire frontavsnitt, seinast i juni 1999.
Den sterke mistrua på begge sider, i tillegg til tregleik i OAU-systemet, har skapt problem for gjennomføringa av OAUs fredsframlegg. Det kom eit nytt driv då Algerie overtok formannskapet i OAU i juli 1999. Reglar for gjennomføring av rammeavtalen vart vedtekne på toppmøtet i Alger i juli 1999. Ein teknisk plan for desse vart godkjend av Eritrea sommaren 1999. Etiopia har likevel avvist planen, men ønskjer offisielt å halde fram dialogen med OAU. På bakgrunn av manglande resultat av OAUs meklingsfreistnad har det internasjonale samfunnet søkt å leggje press på partane for å unngå nye kamphandlingar. Tryggingsrådet har lagt seg på ei line der ein støttar den rolle som OAU har teke på seg for å finne ei politisk løysing, og generalsekretærens spesialutsending Mohamad Sahnoun har delteke i meklinga mellom partane. FN står elles klar til å yte støtte til gjennomføring av ein fredsavtale. Frå norsk side har ein ytt NOK 750 000 til eit fond for merking av grenselina mellom dei to landa.
FN trekte seg ut av Somalia i 1994, og utviklinga i landet vert no følgd gjennom eit politisk kontor i Nairobi. Arbeidet med sikte på ei politisk løysing går i første rekkje føre seg i regional regi, med Organisasjonen for tørke og utvikling på Afrikas horn (IGAD), OAU, Egypt og Etiopia som sentrale aktørar. Frå FNs side er ein oppteken av å supplere og støtte dei regionale innsatsane. Den politiske utviklinga i Somalia er prega av ei stadig større regionalisering med sentra i regionane Somaliland, Puntland og Jubaland. Medan ein slik regional administrasjon fyller eit «styringsvakuum», kan det òg medverke til å sementere grenser som fører til ei varig oppsplitting av landet. FN har signalisert ønske om å trappe opp verksemda si i Somalia, men ein er tilbakehalden med dette slik tryggleiken er no. Per januar ventar Tryggingsrådet på ei nærare orientering om eit framlegg for Somalia som nyleg vart lansert av Djibouti.
Vest-Sahara-spørsmålet vart lagt fram for Tryggingsrådet i 1975 i samband med påstandar om at Marokko prøvde å innleme delar av området (tidlegare spansk Sahara) i sitt eige territorium. I 1991 vedtok Tryggingsrådet å setje i gang ein FN-operasjon for å få gjennomført ei folkerøysting om den framtidige statusen til området (MINURSO). Den tidlegare amerikanske utanriksministeren James Baker vart i april 1997 utnemnd som generalsekretærens personlege representant, og han leidde prosessen med å identifisere kven som skulle ha røysterett i ei slik folkerøysting (identifikasjonsprosessen). Men d ette arbeidet har vist seg å vere svært vanskeleg. I 1999 vart ambassadør Eagleton (USA) utnemnd som ny spesialrepresentant. Han har møtt store utfordringar med mellom anna å identifisere omstridde stammar og handsaminga av det store talet på ankesaker for dei som var identifiserte, men ikkje funne å ha rett til å delta i folkerøystinga. Det herskar uvisse om kvar Marokko står i spørsmålet om Vest-Sahara etter tronskiftet sommaren 1999. I februar 2000 ser det ut til at tidspunktet for ei folkerøysting vil verte skuva ut i tid. Noreg deltek i MINURSO med to polititenestemenn.
FNs tryggingsråd vedtok i 1992 sanksjonar mot Libya, i hovudsak fordi landet hadde nekta å utlevere dei to mistenkte etter Lockerbie-ulukka i 1989. Libyas grunngjeving for å motsetje seg utlevering var mellom anna at dei mistenkte ikkje kunne rekne med å få ein uhilda rettargang i Storbritannia. Libya mobiliserte over tid stadig breiare støtte for at sanksjonane burde opphevast. Representantar for FN søkte å kome kritikken mot sanksjonane i møte ved å gjennomgå verknadene av sanksjonane for sivilfolk. Konklusjonane på denne analysen gav ikkje noko eintydig svar. I ein freistnad på å bringe ny framdrift i saka lanserte Storbritannia og USA i august 1998 eit framlegg til løysing som innebar at sanksjonane ville verte suspenderte dersom dei to mistenkte vart framstilte for retten i Nederland. Ein føresetnad var likevel at retten var sett med skotske dommarar og dømde etter skotsk rett, ettersom Lockerbie-ulukka stadleg sett høyrer inn under skotsk jurisdiksjon. Tryggingsrådet slutta seg til framlegget, som vart sett som ei monaleg innrømming overfor Libya frå britisk og amerikansk side. Då dei to mistenkte vart utleverte våren 1999, vart sanksjonane suspenderte med verknad frå 5. april 1999. Den 9. juli vedtok Tryggingsrådet ei presidentfråsegn som rosa Libyas freistnader på å etterleve føresegnene i tryggingsrådsresolusjonen. Ei permanent oppheving av sanksjonane vil tidlegast skje etter at rettssaka mot dei to tiltala er avslutta.
3.3.2 Midtausten
Den vidareførte fredsprosessen i regionen medverka ikkje til ein meir forsonleg tone eller betre samarbeid under handsaminga av Midtausten-spørsmål i Generalforsamlinga. Dei mange resolusjonane om Midtausten og Palestina-saka var i stor grad uendra frå tidlegare år og dei verbale utspela frå dei viktigaste regionale aktørane og støttespelarane deira var like uforsonlege som tidlegare. Partane i Midtausten-konflikten var påpasselege med å ikkje gje substansielle «innrømmingar» i resolusjonsforhandlingane i New York. Årsaka til dette var frykt for at ei oppmjuking av tradisjonelle haldningar i FN ville kunne gjere posisjonane deira vanskelege i dei bilaterale forhandlingane i regionen. På palestinsk side vert den legitimiteten som ei rekkje av FN-resolusjonane er med på å gje Palestina, vurdert som verdifull støtte i dei bilaterale forhandlingane med Israel. Monalege endringar i både talet på Midtausten- og Palestina-resolusjonar og innhaldet i dei attståande resolusjonane vil truleg først kome etter at fredsprosessen i regionen er fullført.
Av ovannemnde årsaker var det heller ikkje på denne Generalforsamlinga mogleg å nå fram til semje om den såkalla «positive» resolusjonen. Denne resolusjonen har vore eit uttrykk for verdssamfunnet si støtte til fredsprosessen i Midtausten og vart vedteken i åra 1993-1996 etter framlegg frå Noreg, Russland og USA. Det var denne gongen usemje mellom partane i konflikten om prinsippet land-for-fred skulle takast med i resolusjonen. Dette prinsippet har ikkje tidlegare vore direkte omtala i resolusjonen, men frå palestinsk og arabisk side vart det insistert på at dette måtte inn i resolusjonen denne gongen ettersom prinsippet er svært viktig under fredsforhandlingane. Frå palestinsk side vart det hevda at dersom land-for-fred ikkje vart omtala i resolusjonen, så ville det sende eit uheldig signal til Israel i fredsforhandlingane som går føre seg. Men Israel avviste dette kravet og grunngav det med at det tidlegare har vore mogleg å semjast om ein resolusjonstekst utan at dette prinsippet har vore direkte omtala. I lys av partane sin manglande vilje til å kome fram til semje valde Noreg, Russland og USA å ikkje leggje fram resolusjonen under Generalforsamlinga.
Mandatet til FNs fredstryggjande styrkar i Libanon, UNIFIL, er å verifisere tilbaketrekking frå Sør-Libanon av dei israelske styrkane, syte for internasjonal fred og tryggleik og hjelpe libanesiske styresmakter med å sikre autoriteten sin i området. Det er framleis semje om at UNIFILs nærvere i Sør-Libanon utgjer eit viktig stabiliserande element, sjølv om mandatet ikkje heilt kan gjennomførast etter formålet. Ved årsskiftet 1997/98 var styrken på ca. 4 500 personar. Noreg deltok i UNIFIL frå starten i mars 1978 og fram til november 1998.
FNs observatørstyrke på Golanhøgdene, UNDOF, vart oppretta i 1974 for å overvake våpenkvila mellom Syria og Israel. Styrken er på vel 1 000 personar. Noreg deltek ikkje i denne styrken. Observatørgruppa UNTSO vart oppretta i 1948 for å overvake våpenkvila mellom Israel og nabostatane. Med unntak av eit symbolsk nærvere i Sinai er observatørane taktisk underordna UNIFIL eller UNDOF. Operasjonen, der òg Noreg er med, omfattar no 152 militære observatørar, og 12 av desse er nordmenn.
Resolusjonen om den samla tilnærminga til Irak vart vedteken i Tryggingsrådet 17. desember 1999 etter nærare ti månader med til dels intense tekstforhandlingar. Resolusjonen vart vedteken med røystetala 11-0-4. Frankrike, Russland, Kina og Malaysia avstod. Med avståingar frå tre av dei fem faste medlemmene i Rådet, er det usikkert om Irak vil vise vilje til å følgje resolusjonen.
Det er difor eit ope spørsmål om når sanksjonane vil kunne suspenderast. Dette avheng av om Irak vil samarbeide med det nye overvakingsorganet UNMOVIC og IAEA. Etter resolusjonen må det kunne visast til framdrift på nedrustingssida etter 120 dagar. Dei «humanitære føresegnene» i resolusjonen (mellom anna om den øvre grensa for irakisk oljesal vert oppheva) vil verte sette i verk sjølv om ikkje Irak medverkar på nedrustingssida.
Etter resolusjonen skulle det utnemnast ein leiar av UNMOVIC seinast 30 dagar etter at resolusjonen vart vedteken. Den 17. januar 2000 nominerte generalsekretæren etter fleire forhandlingsrundar med rådsmedlemmene den svenske ambassadøren Rolf Ekeus, men pga. innvendingar frå Frankrike, Russland og Kina vart Ekeus ikkje vald. Dei tre statane grunngav innvendingane med at Irak vil motsetje seg Ekeus som UNMOVIC-leiar, og at det difor nærast vil vere uråd å få gjennomført resolusjonen. Etter nye samrådsrundar kunne Rådet den 26. januar 2000 einast om den svenske kandidaten Hans Blix, som leidde IAEA i tidsrommet 1981-1997.
I prosessen med å utpeike ein UNMOVIC-leiar har fleire rådsmedlemmer enn tidlegare vist haldningar som tek rikelege omsyn til irakiske interesser. Prosessen omkring dei mange attståande oppgåvene som skal utførast før resolusjonen kan verte gjennomført, kan difor verte svært tidkrevjande og vanskeleg. Irakiske styresmakter har så langt uttala at ein ikkje vil rette seg etter resolusjon 1284, og at ein ikkje vil samarbeide med noko nytt overvakingsorgan.
3.3.3 Mellom-Amerika og Karibia
Fredsprosessen i Guatemala førte i 1996 fram til ein endeleg fredsavtale. FNs operasjon i Guatemala, MINUGUA, har spela ei sentral rolle i gjennomføringa av fredsavtalane. MINUGUAs mandat vart forlengd fram til 31. desember 2000, dvs. samtidig med at tidsplanen for gjennomføringa av fredsavtalane går ut. Avhengig av utviklinga i Guatemala kan det vere aktuelt å forlengje MINUGUAs mandat utover 2000. Noreg har gjeve monalege bidrag til fredsprosessen både bilateralt og multilateralt.
Den politiske og økonomiske krisa på Haiti heldt fram i 1999 òg. Etter oppmoding frå presidenten på Haiti om å halde fram med internasjonal støtte vedtok Tryggingsrådet i 1997 å setje i gang ein internasjonal sivil politioperasjon (MIPONUH). I samband med at ein ventar at det skal verta halde val på Haiti, vart mandatet fornya til og med 15. mars 2000. I tillegg har FN i samarbeid med Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) hatt ein sivil operasjon, MICIVIH, med mandat frå Generalforsamlinga fram til 31. desember 1999. Til erstatning for desse to operasjonane vedtok Generalforsamlinga å setje i gang ein ny sivil støtteoperasjon på Haiti (MICAH) med mandat til 6. februar 2001. FNs bistandsprogram vil vere viktige aktørar i det vidare samarbeidet. Haiti støtta den nye operasjonen. Noreg var medframleggsstillar til resolusjonen om opprettinga av MICAH. Frå norsk side har ein delteke aktivt i dialogmøte med representantar for ulike delar av Haitis politiske liv for å kome fram til ei løysing på krisa.
3.3.4 Europa
FNs fredstryggjande operasjon på Kypros - UNFICYP - vart oppretta i 1964 for å dempe ein aukande valdsspiral mellom den gresk-kypriotiske og den tyrkisk-kypriotiske folkegruppa på Kypros og har sidan vorte regelmessig forlengd av Tryggingsrådet kvar sjette månad. Tryggingsrådet forlengde i desember 1999 UNFICYP-mandatet fram til juni 2000. Generalsekretæren oppnemnde òg ein ny personleg representant, Alvaro de Soto, som fekk i oppgåve å mekle i konflikten mellom dei to folkegruppene, etter semje med Kypros, Hellas, Tyrkia og Storbritannia. Tryggingsrådet har i resolusjonane sine teke sterk avstand frå freistnadene på å skipe ein eigen tyrkisk-kypriotisk stat på den nordlege delen av Kypros etter den tyrkiske invasjonen i 1975 og har oppmuntra generalsekretæren til å halde fram meklingsfreistnadene sine. Krava om godkjenning frå den sjølvproklamerte tyrkiske republikken på Nord-Kypros (TRNC) vart forsterka då EU i 1998 sette i gang forhandlingar med Kypros om EU-medlemskap. Den tyrkisk-kypriotiske leiinga har etter EUs vedtak avvist vidare substansforhandlingar basert på prinsippa i Tryggingsrådets resolusjonar og kravd ei revurdering av desse i lys av EU-vedtaket.
I ein freistnad på å kome ut av den fastlæste situasjonen vedtok generalsekretæren i 1998 å setje i gang ein serie konfidensielle samtalar på øya leidd av sin dåverande visespesialutsending Ann Hercus. Etter vedtakinga av res. 1217 og 1218 i desember 1998 og fleire appellar til partane om å unngå handlingar som ville kunne føre til auka spenning, mellom anna ytterlegare militær opprusting, vedtok Kypros' president Clerides å ikkje utplassere ein serie S-300-rakettar frå Russland.
Generalsekretæren kalla inn partane til samtalar i New York i desember 1999. Generalsekretæren og spesialutsendingen hans til Kypros, Alvaro de Soto, gjennomførte i alt 9 møte med Denktash og Clerides. Trass i ein positiv og konstruktiv atmosfære kom det ingen konkrete resultat ut av møta. Partane er innstilte på å ta opp att samtalane med generalsekretæren i 2000.
I eit møte i kontaktgruppa for det tidlegare Jugoslavia 29. januar 1999 fekk partane i Kosovo-konflikten eit ultimatum om å kome til semje innan ei viss tid. Kontaktgruppa fastsette òg ein del prinsipp som skulle liggje til grunn for forhandlingane. Den av partane som braut forhandlingane, risikerte straffetiltak frå NATO-medlemmene. Frå 6. februar til 15. mars 1999 vart det forhandla mellom partane i Frankrike, i Rambouillet og i Paris. Rambouillet-prosessen braut saman, sjølv om partane kom til semje om ei politisk ramme for Kosovos autonomi. Den serbiske delegasjonen kunne ikkje akseptere at ein internasjonal militær styrke leidd av NATO skulle sørgje for at avtalen vart følgd. Samanbrotet og den stadig vanskelegare tryggleikssituasjonen i Kosovo førte til at Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) sitt sendelag i Kosovo vart trekt ut 20. mars 1999. Etter ei opptrapping av valdsbruk frå regimet i Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) mot folket i Kosovo, der grunnleggjande menneskerettar brutalt vart sett til side, starta NATO den 24. mars 1999 eit luftåtak mot FRJ samtidig som jugoslaviske styrkar starta ei massiv fordriving av etniske albanarar frå Kosovo til nabolanda Albania og Makedonia.
NATOs luftåtak førte til ei kløyving i Tryggingsrådet mellom dei allierte i NATO på den eine sida og Russland og Kina på den andre. Gruppa av dei 7 mest industrialiserte statane og Russland (G8) kom likevel 7. mai 1999 til semje om 7 prinsipp for eit kompromiss mellom Russlands og NATOs posisjonar, og denne semja la grunnlaget for Russland og EUs spesialutsendingar Tsjernomyrdin og Ahtisaari sin fredsplan for Kosovo. Denne planen vart godkjend av den serbiske nasjonalforsamlinga 3. juni 1999. Etter at militære leiarar for NATO og Jugoslavia vart samde om ein plan for uttrekking av jugoslaviske styrkar og innsetjing av ein internasjonal tryggleiksstyrke 9. juni 1999, erklærte NATO mellombels stans i luftoperasjonen dagen etter. KFOR starta innrykkinga 12. juni 1999, og alle serbiske styrkar var ute av provinsen 20. juni 1999. Sjølv om KLA uttrykte at organisasjonen ville la seg demilitarisere, valde mange serbiske sivile å forlate provinsen saman med dei serbiske styrkane.
Prinsippa i fredsplanen er nedfelt i Tryggingsrådsresolusjon 1244 av 10. juni 1999, der ansvaret for den sivile gjennomføringa vart lagt til FN. Generalsekretæren fekk med heimel i resolusjonen fullmakt til å skipe ein mellombels internasjonal sivil administrasjon, United Nations Interim Administration Mission in Kosovo (UNMIK). Det vart utarbeidd eit operasjonelt konsept der UNMIK under leiing av franskmannen Bernard Kouchner er tillagt mynd over territoriet og folket i Kosovo, mellom anna all lovgjevande og utøvande makt. Dessutan har UNMIK ansvaret for administrasjonen av rettsstellet. Aldri tidlegare har FN vorte tillagt eit så vidt og krevjande mandat. Etter nær kontakt mellom det norske OSSE-formannskapet og FN tok OSSE på seg viktige oppgåver i Kosovo knytte til opplæring av politi, tenestemenn, mellom anna for rettsstell, val, menneskerettar, samfunns- og medieutvikling. Med omsyn til UNMIKs framgang i gjennomføringa av mandatet sitt har generalsekretæren mellom anna framheva oppretting av ein politiskule med multietnisk deltaking, skiping av ein felles Kosovo-UNMIK mellombels administrativ struktur og demilitarisering av KLA.
Framleis står det likevel att vanskelege oppgåver i Kosovo, ikkje minst når det gjeld å betre tryggleikssituasjonen for minoritetane og å skipe eit fungerande politi og rettsstell, mellom anna for å handtere den aukande organiserte kriminaliteten. FNs generalsekretær har ved fleire høve etterlyst større innsats frå det internasjonale samfunnet. Dette gjeld særleg utplassering av internasjonalt politipersonell og styrking av rettssystemet, slik at lov og orden kan etablerast og kriminelle element forfølgjast. Generalsekretæren ønskjer òg auka internasjonal innsats når det gjeld humanitære tilhøve, offentleg infrastruktur og budsjettstøtte til å løne offentleg tilsette.
FNs fredstryggjande styrke og sivile politi i Aust-Slavonia (UNTAES) vart i januar 1998 vidareført gjennom ein sivil politioperasjon som bestod av ei støttegruppe på 180 sivile politifolk (UNPSG). I september 1998 vart dette ansvaret overteke av OSSE, og FN-nærveret i Kroatia er etter dette avgrensa til det militære observatørsendelaget på Prevlaka-halvøya, som er eit av dei problemområda som står att i tilhøvet mellom Kroatia og FRJ. Mangelen på framgang i forhandlingane om ei politisk løysing vert i generalsekretærens siste 1999-rapport framheva som skuffande. Operasjonen (UNMOP) overvaker demilitariseringa av Prevlaka-halvøya og naboområda i Kroatia og Jugoslavia og består av 27 militære observatørar, og av desse er det ein nordmann. Mandatet er førebels forlengd fram til 15. juli 2000.
Etter at den NATO-leidde SFOR-styrken overtok ansvaret for dei fredstryggjande operasjonane i Bosnia-Hercegovina, har FN hatt eit sivilt FN-kontor (UNMIBH) i Sarajevo og ein sivil politistyrke (IPTF) på ca. 2 000 personar som mellom anna overvaker og rettleier dei lokale politistyrkane. FNs aktivitetar i Bosnia omfattar elles samordning av minerydding og anna arbeid som vert utført av ulike FN-organisasjonar og Verdsbanken. UNMIBH/IPTF-mandatet er til liks med SFOR-mandatet i juni 1999 forlengd med eitt år fram til juni 2000.
3.3.5 Kaukasus/Sentral-Asia
FNs engasjement i konfliktane i Kaukasus-området og Sentral-Asia har omfatta samarbeid med og støtte til fredsfreistnadene i regi av dei relevante regionale fora, dvs. OSSE og Samveldet av uavhengige statar (SUS), og iverksetjing av fredstryggjande operasjonar i form av observatørar. Russland har engasjert seg aktivt i konflikthandteringa og søkjer aksept for at dei har ei særleg rolle å spele i områda.
Konflikten i Abkhasia i Nord-Georgia braut ut sommaren 1992 då lokale abkhasiske leiarar freista å lausrive regionen frå Georgia. Tryggingsrådet vedtok i desember 1993 å utplassere eit sendelag av militære observatørar (UNOMIG). Mandatet vart sommaren 1994 utvida til å omfatte overvaking av dei fredstryggjande (russiske) SUS-styrkane i Georgia, som vart utplasserte etter oppmoding frå partane. UNOMIG-styrken vart auka til 136 observatørar. Tryggingsrådet vedtok i oktober 1996 å skipe eit felles FN/OSSE-senter for menneskerettar i Sukhumi i Abkhasia som ein del av UNOMIG.
Saman med Russland, som har teke ei leiande rolle i fredsprosessen og Vennegruppa for Georgia, har generalsekretærens spesialutsending søkt å få partane med på ei løysing om Abkhasias politiske status innanfor Georgias grenser. President Sjevardnadse har tilbode provinsen føderal status, men abkhasiske leiarar insisterer på ein union av sjølvstendige statar. UNOMIG-mandatet er førebels forlengt til juli 2000.
Gjennom den såkalla Minsk-gruppa og medformennene i gruppa (USA, Frankrike og Russland) har OSSE sidan 1992 arbeidd med sikte på å få i stand ei fredsløysing i konflikten om den armensk-folkesette Nagorno-Karabakh-enklaven i Aserbajdsjan. Generalsekretæren konstaterte i 1992 at FN ikkje kan ta på seg ein meklarfunksjon så lenge Minsk-gruppa held på med fredsfreistnadene sine.
Særleg i andre halvdelen av 1999 byrja det ei positiv utvikling i fredsprosessen, ikkje minst som følgje av ein rekkje politiske kontaktar på høgt nivå mellom Armenia og Aserbajdsjan. Det norske OSSE-formannskapet støtta aktivt opp om denne prosessen.
Noreg la som OSSE-formann under den 54. generalforsamlinga fram resolusjonen om samarbeidet mellom FN og OSSE. Heile 48 land stod tilslutta resolusjonen saman med Noreg. Utanriksminister Vollebæk heldt Noregs innlegg under debatten. Som i tidlegare år la Aserbajdsjan fram eit endringsframlegg, der det vert presisert at Nagorno-Karabakh utgjer ein del av Aserbajdsjan. Noreg avstod på endringsframlegget saman med mellom andre Minsk-gruppa og EU. Endringsframlegget vart vedteke med røystetala 55-1-54. I 1998 vart det aserbajdsjanske endringsframlegget vedteke med røystetala 114-1-20, og røystinga under den 54. generalforsamlinga må difor vere ein tankevekkjar for Aserbajdsjan. Mange medlemsstatar i OSSE - som tidlegare har røysta for endringsframlegget - valde i år å avstå. Årsaka til dette var at mange land var nøgde med korleis dette vanskelege spørsmålet var handtert i Noregs resolusjonsutkast.
Heile resolusjonen vart vedteken med røystetala 124-0-2. Armenia og Kina avstod på resolusjonen.
Tryggingsrådet oppretta i desember 1994 eit observatørsendelag på ca. 40 personar i Tadsjikistan (UNMOT) med mandat til å hjelpe til med overvakinga av avtalen om våpenkvile og nasjonal forsoning, som var inngått mellom regjeringa og den islamsk-orienterte opposisjonen etter at ein blodig borgarkrig braut ut i 1992. UNMOT skal halde nær kontakt med dei russisk-dominerte SUS-styrkane og med OSSEs sendelag i landet. Vidare skal sendelaget støtte arbeidet til generalsekretærens spesialrepresentant, som saman med Russland har leidd fredssamtalane. Fredsprosessen i Tadsjikistan har vore i framgang i 1999, noko ikkje minst gjennomføringa av folkerøystinga om konstitusjonelle endringar og opphevinga av forbodet mot opposisjonsparti vitnar om. Rådet har oppmoda generalsekretæren om å leggje fram ein rapport om gjennomføringa av parlamentsvalet som var planlagd å finne stad i februar 2000. Framleis vert det vurdert som avgjerande å ha eit nært internasjonalt engasjement for å hjelpe Tadsjikistan for å sikre at konflikten vert løyst på fredeleg vis. UNMOT-mandatet er forlengt fram til mai 2000. Denne mandatforlenginga vert venteleg den siste. Generalsekretæren vil sjå på opningane for at FN kan få ei politisk rolle i landet etter at UNMOP-mandatet går ut.
Situasjonen i Afghanistan og det internasjonale samfunnet sitt engasjement har i dei seinare åra vore prega av stadige konfrontasjonar med Taliban-regimet, som kontrollerer ca. 90 prosent av det afghanske territoriet. Regimet si handsaming av kvinner og jenter har vekt særleg uro. FNs innsats i fredsprosessen omfattar humanitær bistand samt politisk nærvere i form av UNSMA og generalsekretærens spesialutsending. I erkjenning av at konflikten i stor grad skuldast at dei regionale aktørane har intervenert, har generalsekretæren søkt å engasjere dei landa det gjeld mest, gjennom samråd i den såkalla 6+2-gruppa. Taliban-regimets manglande respekt for menneskerettane og rolla deira i narkotikaproduksjon er medverkande årsaker til at regimet sitt krav om å representere Afghanistan i FN ikkje er stetta. Dette og andre tilhøve har gjort at tilhøvet mellom FN og Taliban ikkje er det beste. Frå FNs side er det gjeve uttrykk for at ei politisk løysing i Afghanistan, som tek omsyn til alle etniske og religiøse grupper, er den einaste farbare vegen.
Taliban sette i verk ein stor militær offensiv mot Nord-alliansen i juli 1999, berre ei veke etter eit 6+2-møte i Tasjkent. Gjennom mellom anna tvangsflytting og brend jord-taktikk vart sivilfolk påførte store lidingar. Offensiven vart slegen attende, og frontlinene er nokolunde uendra. I lys av dei magre resultata av 6+2-forhandlingane satsar FN no på ei styrking av meklinga gjennom UNSMA og den nyutnemnde spesialutsendingen Francesc Vendrell. Tryggingsrådet vedtok 15. oktober 1999 å innføre sanksjonar mot Taliban dersom dei nekta å utlevere Osama bin Laden, som oppheld seg i landet. Sanksjonane, som tredde i kraft 14. november 1999, inneber flyforbod til og frå Taliban-kontrollerte område samt frysing av Talibans aktiva i utlandet. Innføringa av sanksjonane førte til opptøyar i somme byar i Afghanistan og Pakistan, med åtak på FN-eigedom.
3.3.6 Søraust-Asia
Under overvaking av internasjonale observatørar, mellom andre norske, vart det den 26. juli 1998 halde parlamentsval i Kambodsja. Trass i skuldingar om avvik og lovbrot vart valresultatet godkjent. Ansvarleg for kuppet i 1997, Hun Sen, vart den 30. november 1998 sett inn som rettmessig vald statsminister i ei koalisjonsregjering. Fullmaktskomiteen vedtok å godkjenne landets fullmakter, og Kambodsja fekk att plassen sin i FN. Etter statsminister Hun Sens oppmoding til FN om internasjonal bistand til straffeforfølging av Røde Khmer-leiarar la generalsekretærens spesialutsending i Kambodsja i februar 1999 fram ein rapport om mogleg internasjonalt engasjement i saka. I regi av FN-sekretariatet har det seinare vore gjort framstøyt med sikte på å skipe ein «blanda» domstol med kambodsjanske og internasjonale dommarar. Kambodsjanske styresmakter vil i byrjinga av 2000 fremje for FN eit framlegg til lovutkast om skiping av ein straffedomstol for Røde Khmer-leiarar. FN-sekretariatet ventar på dette lovutkastet før ein tek endeleg stilling til om ein skal sende ein ny delegasjon til Kambodsja for å halde fram drøftingane om domstolen.
Då Indonesia fekk sjølvstendet sitt frå Nederland i 1954, var Aust-Timor framleis ein portugisisk koloni. Portugal starta i 1974 ein avkoloniseringsprosess for alle koloniane sine. I 1975 - etter ein kort borgarkrig - erklærte nasjonalistrørsla Aust-Timor som sjølvstendig. Indonesia intervenerte militært og innlemma Aust-Timor i Indonesia året etter. Tildelinga av Nobels fredspris for 1996 til biskop Belo og Jose Ramos-Horta sette fornya fokus på konflikten. President Suhartos avgang i mai 1998 og president Habibie sitt utspel om særstatus for Aust-Timor medverka vidare til utviklinga mot sjølvstende for Aust-Timor. FN, Portugal og Indonesia inngjekk 5. mai 1999 ein avtale om folkerøysting om Aust-Timors status. FN tok på seg ansvaret for å raskt setje i gang ein omfattande operasjon (UNAMET) for å førebu og gjennomføre folkerøystinga, medan Indonesia etter avtalen tok på seg ansvaret for å garantere tryggleiken i perioden før, under og etter folkerøystinga.
Den 30. august 1999 vart det halde ei historisk folkerøysting om Aust-Timor skulle verte uavhengig eller eit autonomt område under Indonesia. Deltakinga var overveldande og resultatet eit klart ja til sjølvstende. Etter at resultatet vart annonsert få dagar seinare, gjekk likevel prointegrasjonistisk milits til åtak på sivilfolket, og UNAMET såg seg tvinga til å evakuere til Darwin i Australia. Fordi det indonesiske militæret såg ut til å korkje makte eller ville stoppe militsen sine herjingar, auka det internasjonale presset på Indonesia til å akseptere utplassering av ein fleirnasjonal styrke. Då Indonesia bøygde av for presset, vedtok Tryggingsrådet samrøystes 15. september å godkjenne ein slik styrke (INTERFET), leidd av Australia. Styrken fekk eit robust mandat for å syte for fred og tryggleik i Aust-Timor, verne og støtte UNAMET til å gjennomføre oppgåvene sine og støtte opp under humanitær bistand.
Etter militsen sine herjingar hadde ein stor del av folket flykta til fjellområda og til Vest-Timor. Indonesiske troppar øydela og brente ned infrastruktur og eigedom under uttrekkinga frå Aust-Timor, medan militsen heldt fram trakasseringa si i flyktningleirane i Vest-Timor. FNs menneskerettskommisjon vedtok under ein ekstraordinær sesjon i september 1999 å oppnemne ein internasjonal undersøkingskommisjon for å samle prov for brot på menneskerettane. Då det indonesiske parlamentet 20. oktober 1999 oppheva erklæringa av 1978 om anneksjonen av Aust-Timor, var det formelle grunnlaget for Aust-Timors sjølvstende lagt. Med bakgrunn i dei omfattande oppgåvene landet står overfor, vedtok Tryggingsrådet få dagar etter å skipe FNs overgangsadministrasjon for Aust-Timor (UNTAET). Den militære delen av denne har i januar og februar 2000 overteke INTERFET sine oppgåver, medan den sivile delen vil hjelpe til med oppbygging av så godt som alle sider av Aust-Timors administrasjon, samfunnsliv og infrastruktur. Noreg har gjeve monalege økonomiske bidrag og stilt personell til disposisjon for FN og andre organisasjonar sin innsats i Aust-Timor.
3.4 Fredstryggjande operasjonar og preventivt diplomati
Talet på militært personell tilknytt FNs fredstryggjande operasjonar var på midten av 1990-talet på det høgaste med ca. 80 000. Per 31. desember 1999 var det tilsvarande talet ca. 10 500. I tillegg ligg det føre fullmakt for ca. 15 000 FN soldatar, som ikkje er utplasserte (UNASIL/UNTAET). Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 4 500, ein auke på ca. 2 500 frå 1998. Behovet for år 2000 er ca. 9 000 sivile polititenestemenn utplasserte samtidig.
Noreg deltok i UNPREDEP i Makedonia inntil eit kinesisk veto i Tryggingsrådet mot forlenging av FN-operasjonens mandat førte til at deltakarlanda måtte trekkje ut styrkane sine våren 1999. Noreg har etter dette ikkje hatt regulære militære styrkar i FNs fredstryggjande operasjonar, men berre delteke med einskildpersonar som militære observatørar og stabspersonell i tillegg til det sterke engasjementet vårt i NATOs fredsoperasjonar på Balkan.
Noreg deltok per 31. desember 1999 i 7 av FNs 17 operasjonar, med 20 militære offiserar i fem operasjonar og med 25 polititenestemenn i fem operasjonar. I tillegg deltek Noreg med polititenestemenn i fredsoperasjonar for både OSSE, VEU og i TIPH på Vestbreidda. Dette inneber at ca. ein prosent av den norske politistyrken er utplassert i internasjonale fredsoperasjonar.
Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar for 1999 er kostnadsrekna til ca. USD 1,3 mrd., ein auke på ca. USD 400 millionar frå 1998.
Viktige stikkord for fredstryggjande operasjonar i noverande situasjon er nye typar konfliktar (ofte interne og ikkje mellom statar), behovet for multifunksjonelle operasjonar med mellom anna stor humanitær innsats og dermed behov for styrkt planlegging og samordning. Viktig er òg spørsmålet om tilhøvet til partane og bruk av makt, om det er naudsynt å styrkje FNs kapasitet til rask reaksjon, og behovet for å styrkje arbeidet med konfliktførebygging gjennom preventivt diplomati. Dagens fredsoperasjonar krev òg innsats innanfor avvæpning, demobilisering og reintegrering. Tryggingsrådet sitt vedtak om å utplassere ein internasjonal fredsstyrke på Aust-Timor (INTERFET) er eit døme på endringane i FNs fredsoperasjonar. Denne utviklinga har ført til at det internasjonale samfunnet kan reagere raskare militært, sjølv om ein regulær FN-styrke ikkje er tilgjengeleg i utgangspunktet. Når situasjonen og tilhøva tilseier det, kan FN kome inn med styrken sin. Samarbeidet med regionale organisasjonar, tildømes NATO i Kosovo, er òg ei viktig utvikling. I ein slik operasjon tek FN ansvar for institusjonsbygging og sivil administrasjon, medan den militære delen av operasjonen vert gjennomført av ein regional organisasjon med FN-mandat.
FN-sekretariatet sitt arbeid med å skipe UN Standby Arrangement førte til at ti medlemsland underskreiv eit omsamd memorandum (OM) om dette i 1999. Noreg er ikkje på denne lista, men det er sett i gang ein prosess i Forsvaret for å få godkjent eit OM med FN. UN Standby Arrangement har behov for personell og avdelingar frå Forsvaret i tillegg til polititenestemenn og sivile ekspertar og materiell.
Den sivile politikomponenten vert tillagt aukande verdi i fredstryggjande operasjonar. Konseptuelle sider, mellom anna integrasjon og kompetanseheving, er i gang, og Noreg har delfinansiert og leidd politiseminar i Ghana og i Malaysia. På den konseptuelle sida er det ei markert endring frå berre å vere ein uvæpna og overvakande politistyrke til å verte ein væpna politistyrke med utøvande politiansvar. Situasjonen i Kosovo og på Aust-Timor har òg avdekt behov for ein nøye samordna innsats av politi, rettsstell og fengselsstell. Dette understrekar fredsoperasjonane sin multifunksjonelle karakter.
Det er i 1999 registrert aukande mangel på respekt for feltarbeidande FN-personell. I ei rekkje tilfelle har dette utarta til aktiv maktbruk, tvang og fiendtlege handlingar. Konvensjonen om tryggleik for FN-personell og tilknytt personell vart vedteken i FNs generalforsamling i 1994. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1995. Det vart i 1999 oppnådd mange nok ratifikasjonar til at konvensjonen kunne tre i kraft.
Behovet for styrkt innsats frå FNs og det internasjonale samfunnet si side når det gjeld å førebyggje konfliktar, har fått auka merksemd dei seinare åra. Dette har stått sentralt i generalsekretærens rapportar. Generalsekretæren har etter FN-pakta eit ståande mandat til å ta initiativ til forhandlingar og meklingsforsøk i ein potensiell konfliktsituasjon. Det er behov for auka ressursar på dette feltet, og på norsk side tok ein difor under den 51. generalforsamlinga initiativ til å skipe eit eige fond for preventiv handling, som skulle stå til rådvelde for generalsekretæren. Arbeidet med å skipe dette fondet vart ferdig våren 1997, og Noreg har gjeve meir enn USD 4 mill. til fondet.
3.5 Økonomiske og sosiale saker
3.5.1 Økonomi- og utviklingsspørsmål
Diskusjonen om godt styresett som ein grunnleggjande premiss for utvikling stod sentralt under den 54. generalforsamlinga. OECD-landa har særleg vore opptekne av å framheve verdien av godt styresett i resolusjonane om fattigdomslindring og globalisering. Dette har møtt sterk motstand frå ei rekkje utviklingsland fordi ein fryktar at godt styresett skal verte fastsett som eit vilkår for bistand. Motstanden grunnar seg òg på debatten som går føre seg i UNDP om ei sterkare vektlegging av godt styresett. Ein samdest om formuleringar som tilfredsstilte utviklingslanda sitt ønske om å unngå ein tilnærma uavgrensa definisjon og industrilanda sitt ønske om å unngå ei utvatning av omgrepet godt styresett.
Spørsmåla om verknadene av globaliseringa av internasjonal økonomi og behovet for reform av det internasjonale finansielle systemet stod òg sentralt i ei rekkje resolusjonsforhandlingar. OECD-landa har framheva dei opningane utviklingslanda har som følgje av globaliseringsprosessen, medan utviklingslanda fokuserte på dei negative følgjene. Det kan sporast ein aukande vilje til å vurdere dei sosiale og utviklingsmessige følgjene av globaliseringa av den internasjonale økonomien. Utviklingslanda meiner at informasjonsteknologi er eit kritisk område der gapet mellom dei utvikla landa og utviklingslanda vert stadig større. Dette førte mellom anna til at spørsmålet om teknologioverføring stod sentralt i fleire resolusjonsforhandlingar.
I diskusjonen om fattigdomslindring vart det frå norsk side lagd vekt på gjeldslette, godt styresett og integrering av utviklingslanda i det multilaterale handelssystemet som grunnleggjande føresetnader for å lindre fattigdom. Det vart oppmoda til auka bistand og til avbinding av bistand. Verdien av utdanning for kvinner/jenter vart understreka. Desse omsyna vart godt spegla i forhandlingsresultatet. I forhandlingane om gjeldsresolusjonen la utviklingslanda i år vekt på mellominntektslanda sin gjeldssituasjon og kopla dette spørsmålet til verknadene av Asia-krisa og behovet for reform av det internasjonale finansielle systemet. Frå norsk side fokuserte ein på behovet for å sikre finansieringa av det nye HIPC-initiativet basert på rimeleg byrdefordeling og utan at det minskar utviklingsbistanden. Dette lukkast langt på veg takka vere støtte frå utviklingslanda, som innsåg at dei norske tekstframlegga tok opp spørsmål som er avgjerande for å få gjennomført det nye gjeldsletteinitiativet som vart vedteke på Verdsbankens årsmøte i september 1999.
Spørsmålet om FNs tilhøve til Bretton Woods-institusjonane og den rolla FN kan og bør spele når det gjeld tiltak for å styrkje det internasjonale finansielle systemet, stod sentralt. Utviklingslanda fokuserte på behovet for reform av systemet og behovet for å skipe mekanismar for større kontroll av kortsiktige spekulative kapitalrørsler. OECD-landa understreka verdien av det nasjonale ansvaret for å skipe opne og velregulerte finanssystem og av å føre ein sunn makroøkonomisk politikk. USAs vedtak om å ta resolusjonen til røysting etter at teksta var ferdigforhandla, medverka til å skape ei meir negativ stemning under Generalforsamlinga si handsaming av økonomiske og sosiale spørsmål enn kva tilfellet har vore i tidlegare år.
Utfallet av WTO-møtet i Seattle gjorde at utviklingslanda viste liten fleksibilitet i forhandlingane om resolusjonen om internasjonal handel og utvikling. Drøftingane av næringsliv og utvikling omhandla verdien av næringslivet for å skape utvikling og vekst, medrekna næringslivet sitt ansvar for å følgje og fremje arbeidsstandardar, miljøstandardar og menneskerettar. Forhandlingane var prega av motstand frå utviklingslanda mot å omtale barnearbeid, arbeids- og miljøstandardar og sosiale standardar. Resultatet av forhandlingane vart ei relativt svak tekst sett frå OECD-landa si side.
Ei rekkje av dei resolusjonane som vart framlagde av utviklingslanda på det økonomiske og sosiale området, spegla eit aukande krav om godkjenning av nye grupper av utviklingsland basert på geografiske eller systemiske kriterium, noko som representerer eit aukande press mot MUL-definisjonen i bistandssamanheng. Det gjeld til dømes kystlause utviklingsland, transittland, små utviklingsøystatar, land med overgangsøkonomi, små og sårbare økonomiar, osv.
3.5.2 Finansiering av utvikling
Utviklingslanda har i fleire år arbeidd for at det burde arrangerast eit møte på høgt politisk nivå i FN for finansiering av utvikling. Argumenta for dette har mellom andre vore at dei globale FN-konferansane på 1990-talet om berekraftig utvikling, befolkningsspørsmål, kvinner og utvikling, sosial utvikling og busetjingsspørsmål treng å verte utfylte med ei global semje om korleis den globale dagsordenen for utvikling som er framforhandla, skal finansierast. Utviklingslanda sitt ønske om eit slikt møte må mellom anna sjåast på bakgrunn av uroa deira over nedgangen i offentleg utviklingsbistand. Frå OECD-landa si side er det lagt vekt på at eit høgnivåmøte om finansiering av utvikling må knytast opp mot den globale dagsordenen for utvikling, ved ei brei tilnærming der alle relevante kjelder for mobilisering av ressursar vert handsama på ein heilskapleg måte. Det er oppnådd semje om at høgnivåmøtet skal ta opp finansieringsspørsmålet i vid meining og omhandle både nasjonal og internasjonal ressursmobilisering. OECD-landa har i varierande grad teke atterhald med omsyn til ideen om eit høgnivåmøte, men har særleg vore opptekne av å sikre møtet eit innhald som sikrar konkret oppfølging.
Forhandlingane under den 54. generalforsamlinga dreidde seg om å starte ein førebuande prosess fram mot høgnivåmøtet. Utviklingslanda ønskjer høgnivåmøtet som ein internasjonal konferanse etter mønster av tidlegare FN-konferansar. Ei av dei sakene OECD-landa la mest vekt på, var å involvere alle relevante aktørar i førebuingane fordi ein diskusjon av finansieringsspørsmålet utan deltaking frå sentrale aktørar som Verdsbanken, IMF og WTO, er lite føremålstenleg. Det vart sett på som viktig å ha eit ope og nyskapande format for høgnivåmøtet og førebuingsprosessen. Frå norsk side vart det lagt vekt på å medverke til eigarskap til prosessen både hjå utviklingslanda og hjå OECD-landa.
Resolusjonen oppnemner ein førebuande komité, som skal ha sitt første substansmøte i mai 2000. Generalsekretæren og byrået for den førebuande komiteen får i oppdrag å samrå seg med Verdsbanken, IMF, UNCTAD og andre sentrale aktørar for å avklare på kva måte desse ønskjer å delta i prosessen. Spørsmålet om dagsorden og endeleg format på møtet vil verte drøfta vidare i den førebuande komiteen. Det var viktig for den vidare prosessen at forhandlingane gjekk føre seg i ein god atmosfære,trass i at det var ulike syn både mellom utviklingsland og OECD-land og mellom land i begge desse gruppene.
3.6 Miljø- og ressursspørsmål
Dei fleste sentrale miljøprosessane går no føre seg i eigne fora under dei ulike miljøkonvensjonane. FNs arbeid på området miljø og berekraftig utvikling er difor prega av at arbeidsoppgåvene og prosessane er veldefinerte gjennom det femårige arbeidsprogrammet for FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) og i dei ulike konvensjonsorgana. Frå norsk side vart det under Generalforsamlinga lagd vekt på at ein må halde på ei integrert og tverrsektoriell tilnærming til miljø- og utviklingsspørsmål, og vidare til at det er behov for å halde ved lag og forsere arbeidet med å gjennomføre dei sentrale miljøkonvensjonane.
Under den 54. generalforsamlinga var det størst merksemd om eit russisk resolusjonsutkast om styrking av samordning mellom miljøkonvensjonane. Til liks med føregåande år vart dette temaet svært omstridd pga. sterk motstand frå utviklingslanda mot dei føreslegne tiltaka. Særleg blant dei afrikanske landa, som er særleg opptekne av ørkenspreiingskonvensjonen si stilling, var det mykje om å gjere å unngå framlegg som kunne oppfattast som ei innskrenking av sjølvstyret til konvensjonssekretariata. Resultatet vart at ein freista å utforme ein mest mogleg presis definisjon av tilhøvet mellom Generalforsamlinga og konvensjonane sine statspartsmøte, som er uavhengige av FNs styrande organ, og som har ulik medlemskrins. Den endelege resolusjonen inneheld dessutan ei rekkje framlegg om praktisk samarbeid mellom konvensjonane, primært på sekretariatsplan i tråd med framlegga som vart fremja i samband med FN-reform på miljø- og busetjingsområdet. Likeins vart det påpeikt at konvensjonane er sjølvstendige organ som ikkje kan styrast gjennom vedtak i Generalforsamlinga. Heller ikkje under den 54. generalforsamlinga lukkast det å slå saman tidlegare års resolusjonar om dei einskilde miljøkonvensjonane til ein felles resolusjon. Også denne gongen skuldast dette utviklingslanda si sterke prioritering av å gjennomføre tiltak under ørkenspreiingskonvensjonen, også mobilisering av økonomiske ressursar. Resolusjonen må sjåast som eit ønske om å bringe gjennomføringa av og merksemda omkring konvensjonen opp på same nivå som konvensjonane om biologisk mangfald og klima ligg på. Etter ei viss usemje vart det òg vedteke ein resolusjon om konvensjonen om biologisk mangfald som omtalar tilrådingar frå intersesjonelt arbeid i underliggjande organ. Dette gjaldt særleg spørsmål knytte til biotryggleiksprotokollen. Vidare vart det vedteke ein resolusjon om klimakonvensjonen, der statspartane vert oppmoda til å oppfylle pliktene sine etter konvensjonen etter prinsippet om felles, men differensierte plikter. Vidare vert alle statar oppmoda til å arbeide for at Kyoto-protokollen vert sett i kraft snart.
Det vart òg vedteke ein resolusjon om førebuingane til tiårsgjennomgangen av gjennomføringa av vedtaka frå FN-konferansen om miljø og utvikling i 1992 (Rio+10). Det var semje om at det var viktig med ein tidleg og grundig førebuingsprosess med innspel frå medlemslanda og med rapportering frå ulike delar av FN-systemet om dei bidraga som er gjort for gjennomføring av Agenda 21. Vidare understrekar ein verdien av økonomiske bidrag, teknologioverføring og kapasitetsbygging når det gjeld gjennomføringa av Agenda 21. I resolusjonen om FNs tiår for reduksjon av naturkatastrofar vart det oppnådd semje om å vidareføre tiåret ved å utarbeide ein internasjonal strategi for reduksjon av naturkatastrofar og ved å oppnemne ei særskild arbeidsgruppe med eige sekretariat underlagt FNs kontor for humanitær bistand, som skal fokusere på førebygging og tidleg varsling av naturkatastrofer.
Generalforsamlinga vedtok òg prosedyremessige resolusjonar om oppfølginga av femårsgjennomgangen i 1999 av handlingsprogrammet for berekraftig utvikling i små utviklingsøystatar (SIDS), om internasjonalt samarbeid for å minske verknadene av El Niño, om rapporten frå siste rådsmøte i FNs miljøprogram, om sentralafrikanske urskogar, om det internasjonale solenergiprogrammet og om verksemda til FNs busetjingssenter (HABITAT).
3.7 Humanitære spørsmål
3.7.1 Samordning av FNs humanitære bistand
Dei siste par åra har det vore ein stor auke i humanitære katastrofar, både naturkatastrofar og menneskeskapte naudhjelpssituasjonar. Dermed har òg FN-appellane om humanitær bistand auka. I desember 1999 bad FN om i alt 2,4 mrd. USD til humanitær bistand for 2000. Dette er nesten dobbelt så høgt som det tilsvarande talet for 1999. Samstundes har det gjennom heile 1990-talet vore stadig fleire overgrep og drap på FN-tilsette og humanitært personell. I 1998 var talet på omkomne FN-tilsette i humanitære operasjonar for første gong større enn talet på omkomne i FNs fredstryggjande operasjonar. Arbeidstilhøva og tryggleiken for humanitært personell vert altså stadig vanskelegare samstundes som behova for slik hjelp aukar.
Dette var bakgrunnen for forhandlingane om humanitære spørsmål under den 54. generalforsamlinga. Desse forhandlingane vart gjennomgåande vanskelegare enn i tidlegare år. Særleg vanskeleg var det å verte samde om resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell.
At forhandlingane vart så vidt vanskelege kan mellom anna sporast attende til det breiare temaet i Generalforsamlinga i år om «humanitær intervensjon», og debatten i Tryggingsrådet på grunnlag av rapporten frå generalsekretæren om tryggleik for sivile i væpna konflikt, eit tema som òg prega generaldebatten i Generalforsamlinga. Mange land, blant dei Noreg, la vekt på den negative utviklinga med omsyn til tryggleik for humanitært personell, og oppmoda til sterkare merksemd om internasjonal humanitær lov og til også i praksis å følgja desse reglane. Fleire utviklingsland streka i tillegg under at humanitær bistand må gjevast på grunnlag av prinsippa om nøytralitet, objektivitet og full respekt for nasjonal suverenitet og på grunnlag av førespurnad frå mottakarlandet. Desse landa var i forhandlingane om dei einskilde resolusjonane opptekne av å sikre tydelege referansar til nasjonal suverenitet og kvalifisere formuleringane om sikker og uhindra tilgang for humanitær bistand.
Ein lukkast til slutt å verta samde om eit innhald i resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell som på ein akseptabel måte speglar den alvorleg forverra situasjonen på dette området. Viktigast er det at ein i resolusjonen ber generalsekretæren utarbeide ein rapport til mai 2000 med framlegg til utviding av mandatområdet for Konvensjonen om tryggleik for FN-personell og personell knytt til FN.
Medlemslanda gav brei tilslutnad til konklusjonane frå det humanitære segmentet under ECOSOC i juli 1999, som hadde overgangen frå naudhjelp til langsiktig utvikling som særleg tema. Vidare vart det gjeve uttrykk for sterk støtte til FNs naudhjelpssamordnar og arbeidet for auka samordning mellom Kontoret for samordning av humanitær bistand (OCHA), FNs samordningsorgan for humanitær bistand (IASC), FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og andre aktørar i FN-systemet, samt overfor ikkje-statlege organisasjonar.
3.7.2 Bistand til minetiltak
I 1999 vart det første partsmøtet til landminekonvensjonen arrangert i Maputo i Mosambik. Det vart der vedteke å oppnemne fleire arbeidsgrupper som skal arbeide vidare med ulike spørsmål knytte til gjennomføringa av konvensjonen. FN tek aktiv del i dette arbeidet. Frå FNs side, særleg samordningskontoret for landminetiltak, FNs utviklingsprogram (UNDP) og UNICEF, har det òg vore stor aktivitet med omsyn til praktiske tiltak i landmineråka land. Mellom anna skipa FN på svært kort tid sommaren 1999 eit samordningssenter for landminetiltak i Kosovo. Dette senteret var av svært stor verdi for å sikre samordna informasjonsarbeid og rydding av miner for å redusere talet på mineulukker i samband med det store talet på kosovo-albanarar som på kort tid vende attende til Kosovo.
Forhandlingane om resolusjonen om minetiltak vart prega av at land som ikkje har skrive under landminekonvensjonen, ikkje ville ha omtale av denne som kunne verte oppfatta som aksept av det arbeidet som går føre seg etter konvensjonen. Her òg merka ein seg stor sensitivitet med omsyn til nasjonal suverenitet. Ein lukkast til slutt å kome fram til ei akseptabel tekst som framleis kan verke som eit godt grunnlag for FNs innsats på landmineområdet. Blant dei nye elementa i resolusjonen er at ein no legg større vekt på å integrere tiltak for landmineoffer i breiare helse- og sosialpolitiske strategiar.
3.8 Sosiale spørsmål
Det internasjonale eldreåret vart markert med eit eige møte i Generalforsamlingas plenum. Det norske innlegget tok opp regionale initiativ, nasjonale tiltak og målsetjingar, norsk markering av eldreåret, og ein støtta FNs arbeid på feltet. Noreg var medframleggsstillar til ein resolusjon om eldreåret. Noreg var òg medframleggsstillar til resolusjonar om funksjonshemma og utdanning for alle.
Under handsaminga av sosiale spørsmål heldt Noreg, som vanleg, innlegg om ungdomsspørsmål. Ungdomsdelegaten, denne gongen frå Unge Høgre, heldt innlegg om dei internasjonale Braga- og Lisboa-møta om ungdom, om gjeldsspørsmål, menneskerettar og rolla til ikkje-statlege organisasjonar. Det vart føreslege at ungdom vert tema for ein komande Human Development Report. Dei norske ungdomsdelegatane deltok aktivt i resolusjonsforhandlingar og var medarrangørar til eit møte for og med ungdomsdelegatar.
Noreg var medframleggsstillar til ein resolusjon om oppfølginga av Det sosiale toppmøtet. I debatten om oppfølging av toppmøtet omtala ein frå norsk side gjeldsspørsmål, sosiale tenester, 20/20-initiativet, sysselsetjing, barnearbeid, bistand, og samarbeid mellom dei internasjonale bistandsorganisasjonane. Det vil verte halde ein spesialsesjon om oppfølging av toppmøtet i Genève frå 26.-30. juni 2000, og den tredje førebuande sesjonen finn stad i april 2000.
3.9 Menneskerettsspørsmål
Handsaminga av menneskerettsspørsmål under den 54. generalforsamlinga vart sterkt prega av EUs resolusjonsframlegg om dødsstraff og saker som dei militære aksjonane i Kosovo, Tryggingsrådshandsaminga av Irak, vedtak av sendelag om menneskerettar til Aust-Timor og generalsekretærens tale om mellom anna humanitær intervensjon og nasjonal suverenitet. I debatten rundt utkastet til dødsstraffresolusjon vart det frå land som støttar bruken av dødsstraff, argumentert med at ein motsette seg kultur- og religionsimperialisme. Fleire land meinte at dødsstraff gjaldt strafferettslege tilhøve og dermed ikkje var eit menneskerettsspørsmål. Den kraftige motstanden mot dødsstraffresolusjonen gjorde at han vart trekt. Resolusjonsframlegget medverka til ei styrking av dei motsetningane ein normalt finn i debatten om menneskerettar. Det vanskelege samarbeidsklimaet førte òg til monalege problem med andre resolusjonar. Resolusjonsframlegg om åtferdskodeks om demokrati, som Noreg støtta, måtte trekkjast. Resolusjonen om retten til utvikling kom nok ein gong til røysting, og Noreg avstod. Resolusjonsframlegg frå Iran og Egypt om kulturelt mangfald og globalisering vart av mange sett på som freistnader på å vatne ut menneskerettsomgrepet.
FNs høgkommissær for menneskerettar framheva verdien av å framdyrke ein kultur med respekt for menneskerettane og ein kultur for konfliktførebygging. Ho la også i år vekt på dei økonomiske og sosiale rettane og argumenterte for at menneskerettar skulle takast med i vurderinga i makroøkonomiske avgjerdsprosessar der ein burde handsame tema som gjeldslette og fattigdomseliminering. Retten til utvikling, barnesoldatar, betring av konvensjonsorgana og ei regional tilnærming i menneskerettsarbeidet vart òg omtala.
Med unntak av USAs vanskar med Sudan-resolusjonen, som dei fann å vere for svak, og russiske endringsframlegg om sanksjonar i Irak- og Balkan-resolusjonane var det ingen større, nye problem i handsaminga av landresolusjonane. Noreg var medframleggsstillar til resolusjonsframlegga om menneskerettssituasjonen i Burma, Iran, Irak, det tidlegare Jugoslavia, Kosovo, Kambodsja, Haiti og Den demokratiske republikken Kongo. Resolusjonen om Burma var i år sterk nok til at Noreg fann det rett å gå med som medframleggsstillar etter å ha late vere å gjere dette ein del år. Resolusjonen om Rwanda vart sett på som for svak til at Noreg kunne teikne seg som medframleggsstillar. Resolusjonen om Afghanistan vart lagt fram av komitéformannen.
I Noregs hovudinnlegg i 3. komité om menneskerettar la ein vekt på verdien av fattigdomslindring og fremjing av dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane i tillegg til dei sivile og politiske. Det nasjonale arbeidet med menneskerettar og etableringa av KOMpakt vart presenterte. Dødsstraff, rasediskriminering, barn sine rettar, straffridom og verdien av religionsfridom vart omtala. Det vart vist til menneskerettssituasjonen i Afghanistan, Angola, Burma, Burundi, Colombia, Den demokratiske republikken Kongo, Eritrea, Etiopia, Irak, Iran, Den føderale republikken Jugoslavia, Rwanda, Serbia, Sierra Leone, Sudan og Aust-Timor. I tillegg vart land som Noreg har menneskerettsdialog med, omtala; Cuba, Kina og Tyrkia. Noreg fremja resolusjonsframlegg om oppfølging av erklæringa om menneskerettsforsvararar og om internt fordrivne. Begge resolusjonane vart vedtekne utan røysting. Noreg var, som før, medframleggsstillar til dei nordiske resolusjonane om urfolkstiåret og tortur, samt ei rekkje andre menneskerettsresolusjonar.
H.K.H. Kronprins Haakon heldt Noregs innlegg om rasisme. Hovudpunkta i innlegget var ei oppmoding til ratifisering og gjennomføring av den internasjonale konvensjonen om rasisme og rasediskriminering, ei oppmoding til å ta tak i dei unike sjansane for å gjere noko med dette i samband med den komande Verdskonferansen mot rasisme, verdien av å trekkje det sivile samfunnet med i førebuingane til konferansen, og informasjon om problem i Noreg med tilvising til tiltak som er sett i verk for å søkje å løyse desse. I debatten vart det uttrykt brei støtte til Verdskonferansen mot rasisme i 2001 og Sør-Afrikas tilbod om å vere vertsland for konferansen. Noreg var medframleggsstillar til dei to resolusjonane om rasisme, som mellom anna omtala Verdskonferansen om rasisme.
Under dagsordenspunktet om barn sine rettar heldt H.K.H. Kronprins Haakon det norske innlegget. Mellom anna Barnekonvensjonens verdi, ønske om aldersgrense på 18 år for soldatar, tilrettelegging for barn sine behov i rehabilitering og reintegrering etter væpna konflikt, barneprostitusjon, jentebarn, barnearbeid og barn sitt tilhøve til multimediesamfunnet vart omtala. Barn må både gjere seg nytte av og, der det trengst, vernast mot dagens enorme informasjonstilfang. I Generalforsamlingas plenum vart Barnekonvensjonens 10-årsjubileum markert i eit eige møte. Samleresolusjonen om barn sine rettar vart vedteken utan røysting. Noreg var medframleggsstillar. Resolusjonen speglar temaa i Barnekonvensjonen. Noreg støtta òg resolusjonen om førebuingane til ein spesialsesjon i 2001 om oppfølging av Barnetoppmøtet.
3.10 Flyktningspørsmål
Under handsaminga av rapporten frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) vart det gjeve uttrykk for sterk støtte til høgkommissærens arbeid. Frå norsk side vart det òg lagt vekt på arbeidet for å styrkje respekten for humanitær lov, motverka tendensar til bilateralisering av humanitær bistand, behovet for samarbeid mellom aktørane på feltet, og å gje auka merksemd til grupper som har det særleg vanskeleg, til dømes kvinner og barn.
Fleire utviklingsland bad UNHCR om å sikre upartisk bistand og prioritering etter der behova er størst. Dette kan ein sjå som ein reaksjon på den sterke merksemda det i 1999 har vore om situasjonen i Kosovo, og ei viss uro for at dette kan føra til for lite merksemd og ressursar til flyktningar i andre regionar, ikkje minst i Afrika.
UNHCR sjølv la vekt på samarbeid mellom statar, mellomstatlege, regionale ogikkje-statlege organisasjonar og privat sektor for å styrkje tryggleiken til flyktningar og FN-tilsette. Det vart òg understreka at det er viktig med tiltak tidleg for å motverke at konfliktar utviklar seg til væpna konfliktar, og at UNHCR treng større ressursar for å kunne utføre dei oppgåvene organisasjonen er pålagd.
3.11 Oppfølging av FN-konferansar
Høgdepunktet under handsaminga av kvinnespørsmål var vedtakinga av ein frivillig protokoll til Kvinnekonvensjonen. Protokollen opnar for individuelle klagar til Kvinnekomiteen og gjev rett til eigen undersøkingsprosedyre. Han er eit absolutt framsteg i arbeidet med å fremje og verne kvinnene sine menneskerettar. Under forhandlingane arbeidde Noreg for ein så sterk protokoll som mogleg. Noreg var mellom dei første landa som skreiv under protokollen på menneskerettsdagen den 10. desember.
Førebuingane til femårsgjennomgangen i år 2000 av kvinnekonferansen i Beijing heldt fram, og debatten spegla dette. I det norske innlegget vart det lagt vekt på 20-årsjubileet for Kvinnekonvensjonen og for likestillingslova. Vedtaket av den frivillige protokollen vart helsa velkomen. Revidering av likestillingslova, under dette kvotering til styre og utval, vart omtala. Kvinner og væpna konflikt vart føreslege som eit av fleire tema til spesialsesjonen i 2000 om oppfølging av Beijing-konferansen. Mange land ønskte at spesialsesjonen skulle handsame tema som vald mot kvinner, under dette privatisert vald, kvinner på landsbygda og handel med kvinner. Det vart vedteke resolusjonar om Kvinnekonvensjonen, helseskadelege tradisjonar (som seksuell skamfaring av kvinner), kvinner på landsbygda, UNIFEM, internasjonal dag om eliminering av vald mot kvinner og kvinnene sin status i FN-systemet. Noreg fremja resolusjonen om Kvinnekonvensjonen og var medframleggsstillar til dei andre. Det vart òg vedteke resolusjonar om forskingsinstituttet INSTRAW og om vald mot kvinnelege framandarbeidarar.
Resolusjonen om oppfølging av kvinnekonferansen i Beijing vart vedteken utan røysting. Eit av føremåla med resolusjonen er å drive integreringsprosessen av kvinnespørsmål i FN vidare. Frå 5. til 9. juni 2000 vil det verte halde ein spesialsesjon om arbeidet med kvinnespørsmål etter Kvinnekonferansen i Beijing og iverksetjing av Nairobi-strategiane for fremjing av kvinner. Spesialsesjonen skal heite «Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred på 2000-talet». Før spesialsesjonen vert det halde regionale møte, mellom anna vart det halde eit møte for ECE-regionen i januar 2000.
Det vart halde eit norsk innlegg om femårsgjennomgangen av handlingsprogrammet frå befolkningskonferansen i Kairo. I innlegget sa ein seg nøgd med femårsgjennomgangen, som vart avslutta med ein spesialsesjon av Generalforsamlinga frå 30. juni til 2. juli 1999. Ein sa seg særleg nøgd med at områda mødredød og informasjons- og rådgjevingstenester for ungdom hadde fått stor merksemd. Verdien av auka økonomiske ressursar for å gjennomføre tilrådingane frå spesialsesjonen vart framheva.
3.12 Finansielle og administrative spørsmål
3.12.1 FNs økonomiske situasjon
FN har eit budsjett på om lag USD 1,3 mrd. i året, litt i underkant av det årlege norske bistandsbudsjettet. Det har ikkje vore realvekst i budsjettet sidan 1986. Etter krav frå den amerikanske Kongressen vart det vedteke ein reell nedgang i budsjettet for toårsperioden 1996-97, og det var ein nominell nedgang for 1998-99. Talet på tilsette har gått ned frå 12 000 i 1986 til 8 741 i dag. Under desse føresetnadene var likevel FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 1999 betre enn tidlegare, ettersom FN for første gong på fleire år hadde positiv likviditet på det regulære budsjettet. Dette kjem av at USA betalte inn USD 731 mill. til FN i 1999. Av dette gjekk USD 450 mill. til det regulære budsjettet, medan USD 238 mill. gjekk til fredstryggjande operasjonar og resten til finansiering av krigsforbrytardomstolane. Medlemslanda skuldar likevel enno FN over USD 2 mrd., fordelt på USD 374 mill. til det regulære budsjettet, USD 1 940 mill. til fredstryggjande operasjonar og USD 32 mill. til krigsforbrytardomstolane. Sjølv om situasjonen har betra seg monaleg i høve til tidlegare år, kan ein heller ikkje i 2000 sjå bort frå at FN som i tidlegare år må låne midlar frå fredstryggjande operasjonar til den daglege drifta. FN skuldar framleis land som yter troppe- og utstyrsbidrag til FNs fredstryggjande operasjonar, om lag USD 800 mill. Troppebidragsytarane yter dermed eit slags rentefritt lån til USA og andre skuldnarar, slik at FN kan halde hjula i gang.
USA skulda åleine ved utgangen av året USD 167 mill. til det regulære budsjettet og vel 1 mrd. til fredstryggjande operasjonar. Etter den såkalla «Helms-Biden II»-lova om nedbetaling av USAs gjeld til FN, som Kongressen vedtok 19. november 1999, skal USA betale tilbake USD 926 mill. til FN og FNs særorganisasjonar over tre år. Av denne summen skal USD 710 mill. gå til det regulære budsjettet og FNs fredstryggjande operasjonar. Summen omfattar også motregning av USD 107 mill. som FN skuldar USA for refusjon av mannskap og materiell for fredstryggjande operasjonar. Eit viktig vilkår for nedbetalinga er at USAs del av FNs regulære budsjett, samt av budsjettet for særorganisasjonane og fredstryggjande operasjonar, vert minska frå høvesvis 25 til 22 prosent og frå 30,34 til 25 prosent. Det vert vidare føresett at USAs utrekningar av gjelda vert lagt til grunn. Beløpet på USD 926 mill. representerer, etter FNs utrekningar, likevel berre snaue 60 prosent av det USA skuldar FN. Etter FN-pakta kan ikkje medlemsland knyte vilkår til betaling av ilikna bidrag. USAs vilkår for nedbetaling av gjelda vil difor føre til svært vanskelege politiske og prinsipielle drøftingar i Generalforsamlinga.
Dei fredstryggjande operasjonane har eigne budsjett. Dei steig kraftig frå 1989 til 1994 og fall deretter mykje. I 1999 steig utgiftene til fredstryggjande operasjonar att og var kostnadsrekna til ca. USD 1,3 mrd., ein oppgang på ca. USD 400 mill. frå 1998. Det er venta at utgiftene for 2000 vil stige mykje på grunn av FNs engasjement i Aust-Timor, Den demokratiske republikken Kongo, Sierra Leone og eventuelt Etiopia-Eritrea-konflikten.
3.12.2 Budsjettet for 2000-2001
Generalsekretæren sitt framlegg til budsjett for 2000-2001 var utarbeidd på grunnlag av prioriteringane i FNs langtidsplan for perioden 1998-2001 og var på USD 2,655 mrd. - eit budsjettframlegg som representerte ein reell auke på 0,2 prosent i høve til perioden 1998-1999. Det var lagt opp til ein auke av staben på 61 stillingar. Forhandlingane om budsjettet var særs vanskelege og langvarige. Det braut ut krisestemning då forhandlingane ei veke før jul etter både helge- og nattmøte braut fullstendig saman. Først seint om kvelden dagen før julekvelden, etter maratonsesjonar på over 30 timar, klarte ein å få vedteke eit budsjett med ein totalsum på USD 2,536 mrd.
Hovudskiljelinene i debatten om budsjettet gjekk mellom USA, som meinte at budsjettet måtte skjerast ned etter at justering for pris- og kursutvikling hadde funne stad til same nivå som 1998-1999 budsjettet, og G77-landa, som meinte at ein måtte basere seg på den vedtekne budsjettramma på USD 2,545 mrd. som utgangspunkt for forhandlingane. Dei ville vurdere dei ulike budsjettsektorane med sikte på å føreslå auka løyvingar. Dei meinte òg at kvar freistnad på å innføre resultatbasert budsjett eller tidsavgrensing på program utan føregåande godkjenning frå Generalforsamlinga, ville verke mot føremålet sitt. EU ville gå pragmatisk til verks og vurdere kvar budsjettseksjon for seg, og i den samanhengen gjere prioriteringar. Noreg heldt sitt eige hovudinnlegg, der vi tok avstand frå nullvekstprinsippet og opna for realvekst i FN-budsjettet for å møte nye utfordringar. Vi understreka at fleire sentrale aktivitetar og stillingar, som i dag vert finansiert gjennom frivillige bidrag, i større grad bør dekkjast av FNs regulære budsjett. Frå norsk side støtta ein framlegget om å ta med midlar for spesielle politiske sendelag på det regulære budsjettet, og vi støtta auke av budsjettpostane for utvikling, menneskerettar, samordning av humanitær bistand og internkontroll.
Generalforsamlinga vedtok separate budsjett for FNs krigsforbrytardomstolar for 2000. Tribunalet for det tidlegare Jugoslavia fekk eit budsjett på USD 106,1 mill. for år 2000, og Rwanda-tribunalet fekk eit budsjett på USD 86,2 mill. Sistnemnde budsjett auka mest frå 1999, men begge domstolane sine budsjett er meir enn dobla sidan 1997. Noreg heldt eit eige innlegg om finansieringa av domstolane, der det vart gjeve full støtte til domstolane, som er inne i ein viktig fase og er byggjesteinar for ein permanent internasjonal domstol (ICC). Ein rosa Rwanda-tribunalet for ein viss framgang på det administrative området, samtidig som ein ikkje la skjul på at ytterlegare betringar er naudsynte. EU uttrykte i sitt innlegg stor misnøye med at ein hadde fått for lita tid til å handsame budsjettframlegga, og at rapporten frå ei uavhengig ekspertgruppe som skulle sjå på dei administrative spørsmåla ved domstolane, ikkje var lagd fram før handsaminga av budsjettframlegget.
3.12.3 Tilsyn og kontroll
Noreg deltok aktivt i handsaminga av finansielle rapportar, revisorerklæringar og rapporten frå revisorrådet. Noreg heldt eit eige innlegg, der vi understreka Noregs støtte til revisorrådet sitt arbeid og særleg trekte fram dei grundige rapportane om Kontoret til FNs høgkommissær (UNHCR), som viste forståing for dei vanskelege tilhøva høgkommissæren arbeider under.
Noreg heldt òg eige innlegg om årsrapporten frå avdelinga for internkontroll (OIOS). I det norske innlegget gav vi honnør til avtroppande visegeneralsekretær Paschke, som i ein femårsperiode har bygd opp OIOS til ei slagkraftig eining med brei verksemd og ei hovudvekt på førebyggjande tiltak og effektivisering av Sekretariatet. G77-landa kritiserte Paschke for det frittalande føreordet hans i årsrapporten, der han i sin siste «tilstandsrapport» om FN uttala at medlemslanda framleis driv detaljstyring av Sekretariatet.
Etter ein treårig boikott frå EUs side av årsrapportane frå FNs inspektørgruppe (JIU), vart ein til slutt samde om ein resolusjon om å vedta JIUs årlege rapportar og arbeidsprogram. Ein resolusjon om dette har ikkje vore mogleg sidan 1996. Semja kjem av at EU forlét strategien om å halde igjen vedtak av ein resolusjon om JIU til ein oppnådde semje om ein resolusjon om OIOS. Noreg heldt eit eige innlegg om årsrapporten frå JIU og gjekk inn for ein budsjettauke for å styrkje inspektørane sin utgreiingskapasitet, samtidig som vi oppmoda inspektørane om å konsentrere innsatsen sin og redusere talet på rapportar som vert utarbeidde.
I forhandlingane om revisjon av mandatet til OIOS herska det djup usemje mellom G77-landa og dei vestlege landa om kontoret si verksemd og rapportering, ei sak som var fastlæst frå førre sesjon. Godkjenning av dei siste årsrapportane frå OIOS har vore blokkert av G77-landa, som har ei reservert haldning til delar av kontoret si verksemd. Teksta i det endelege vedtaket som vart fatta om femårsgjennomgangen av mandatet for OIOS, kan til ein viss grad tolkast ulikt, men det skulle vere rimeleg klart at OIOS» svært nyttige verksemd kan halde fram som før. Sjølv om ein kom i hamn med denne resolusjonen, vart handsaminga av OIOS» årlege rapportar utsett til 5. komité sin vidareførte sesjon i mars 2000.
3.13 Juridiske spørsmål
3.13.1 FNs arbeid for kodifisering, utvikling og utbreiing av folkeretten. Avslutninga av folkerettstiåret (1990-1999)
Etter FN-pakta art. 13 skal Generalforsamlinga mellom anna setje i gang undersøkingar og vedta tilrådingar for å oppmuntre den progressive utviklinga og kodifiseringa av folkeretten. I 1947 vart Folkerettskommisjonen (ILC) oppnemnd av Generalforsamlinga som eitt av Generalforsamlinga sine underorgan etter FN-pakta art. 22. Sidan 1947 har ILC og Generalforsamlinga sin 6. komité spela nøkkelroller i vidareutviklinga og kodifiseringa av folkeretten, og det har vore eit nært samspel mellom desse to organa. ILC legg kvart år fram rapport for Generalforsamlinga om arbeidet sitt. Handsaminga av denne rapporten står sentralt i arbeidet i 6. komité, og det går med mykje tid til å gje føringar og instruksar og fastsetje prioriteringar for ILCs vidare arbeid og til å drøfte og kommentere tekstframlegg som Kommisjonen har lagt fram. Når eit endeleg tekstframlegg til ein ny internasjonal konvensjon ligg føre frå ILC si side, kan dette anten handsamast og vedtakast direkte i Generalforsamlinga, eller forsamlinga kan velje å innkalle ein eigen diplomatkonferanse for dette føremålet.
FNs folkerettstiår (1990-1999) vart innleidd i 1990 og hadde mellom anna som føremål å fremje utviklinga av folkeretten som middel til fredeleg tvisteløysing og å spreie kunnskap om og godkjenning av folkeretten. Markeringa av avslutninga av folkerettstiåret i Generalforsamlinga demonstrerte fornya tru på folkeretten og folkerettens vitale verdi for å halda ved lag fred og tryggleik, å utvikle fredelege relasjonar mellom statar og å sikre rammevilkår for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane. Av stor verdi når det gjeld ålmenta sin tilgang og kjennskap til folkeretten, er den rivande utviklinga av FNs internett-tenester og etableringa av utvida elektroniske databasar for avtalar som FN er depositar for.
Frå norsk side la ein særleg vekt på at det er naudsynt med ei betre utnytting av eksisterande internasjonale institusjonar for fredeleg løysing av tvistar og hevda verdien av at maktbruk i internasjonale samband må vere rettsleg forankra i FN-pakta. Ein peika her på at ein i løpet av 1990-talet har sett ei stadig aukande erkjenning av samanhengen mellom det internasjonale vernet av menneskerettar og grunnleggjande fridomar på den eine sida og vidareføring av internasjonal fred og tryggleik på den andre. Ein framheva Tryggingsrådet si sentrale rolle og gav uttrykk for uro over freistnader på å utvikle nye doktrinar om «humanitær intervensjon» for å legitimere maktbruk utanfor FN-pakta sine rammer.
3.13.2 Havrettsspørsmål
FNs havrettskonvensjon av 1982 (HRK) utgjer den overordna rettslege ramma for alle nasjonale, regionale og internasjonale tiltak i marin sektor. HRK tredde i kraft i 1994, og frå og med då har Generalforsamlinga hatt ei årleg drøfting og vurdering av gjennomføringa av HRK og andre utviklingstrekk på havrettsområdet. Drøftinga er basert på ein årleg rapport lagt fram av generalsekretæren etter HRK art. 319 nr. 2 bokstav a). Rapporten, som er utarbeidd av Sekretariatets Hav- og havrettsseksjon, er eit omfattande dokument som byggjer på innspel frå heile FN-systemet og gjev eit oversyn over alle sider ved marin aktivitet og integrerer i dette både rettslege, økonomiske og sosiale spørsmål og miljøspørsmål.
At det trengst ei heilskapleg og integrert tilnærming til alle havspørsmål låg òg under resolusjonen om resultata av Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) sin gjennomgang av sektortemaet «Sjøar og hav» etter kap. 17 av Agenda 21. CSD hadde på sin 7. sesjon mellom anna fokusert på korleis FNs handsaming av havspørsmål kunne betrast, og kom med konkrete tilrådingar for korleis den årlege debatten om havspørsmål i FN kan gjerast meir effektiv og målretta. I resolusjonen vert det som ei prøveordning etablert ein uformell samrådsprosess for å leggje til rette havrettsdebatten, særleg med sikte på å identifisere område der samarbeid og samordning kan betrast. Møta i samrådsprosessen skal finne stad ein gong om året i tre år, og det første møtet vil verte halde i tida frå 30. mai til 2. juni 2000, i etterkant av statspartsmøtet etter HRK.
Frå norsk side er det eit hovudomsyn å sikre at den uformelle samrådsprosessen medverkar til å styrkje og utvikle det systemet som finst i HRK, slik ein mellom anna la til grunn for forhandlingane om FN-avtalen av 1995 om fiske på det opne havet. Her òg var det ein føresetnad at nye føresegner skulle byggje på dei grunnreglane som var fastsette i HRK.
3.13.3 Etableringa av ein fast internasjonal straffedomstol
Arbeidet fram mot skiping av ein fast, internasjonal straffedomstol går føre seg etter vedtakinga av Roma-vedtektene i 1998 i Den førebuande kommisjonen. Innan juli 2000 skal Kommisjonen mellom anna utarbeide dei avleidde regelverka under Roma-vedtektene, under dette prosessreglar og brotsverkselement, og deretter finansreglementet, avtalen mellom straffedomstolen og FN-systemet, osv. Utfordringa på Generalforsamlinga var særleg å sikre eit vedtak som på best mogleg måte støtta opp om det vidare arbeidet med domstolsprosjektet, og eit fornya mandat for Den førebuande kommisjonen for år 2000. Det lukkast å vedta at Kommisjonen skal tre saman i heile åtte veker i 2000, noko som vert sett som naudsynt for å halde framdriftsplanane.
Verksemda til kvar av dei to ad hoc-domstolane, Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia og Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda, vert frå norsk side sett som viktige byggjeklossar i arbeidet fram mot skiping av ein fast internasjonal straffedomstol.
3.13.4 Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia
Jugoslavia-domstolen, som vart skipa i Tryggingsrådsresolusjon nr. 827 i mai 1993, har som mandat å straffeforfølgje personar som er ansvarlege for alvorlege brot på internasjonal humanitær rett i det tidlegare Jugoslavia sidan 1991. Domstolen spelar ei viktig rolle for det langsiktige forsonings- og atterreisingsarbeidet i det tidlegare Jugoslavia. Den sjette årsrapporten, som vart framlagd på Generalforsamlinga, dokumenterte likevel sviktande politisk vilje frå ei rekkje land til å samarbeide med domstolen, noko som gjer arbeidet til domstolen svært vanskeleg. Domstolen sine appellar til Tryggingsrådet om å framtvinge etterleving av samarbeidsplikta har heller ikkje ført fram. Frå norsk side rosa ein den profesjonelle og høvelege måten domstolen takla mandatet sitt på under Kosovo-krisa, og det vert lagt stor vekt på støtte til domstolen framleis, både økonomisk og ved ein eigen avtale om å ta imot eit avgrensa tal straffedømde til soning i norske fengsel.
3.13.5 Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda
Mandatet til Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda omfattar straffeforfølging av alvorlege brot på internasjonal humanitær rett i Rwanda og straffeforfølging av rwandiske borgarar ansvarlege for slike brot i nabolanda i tida mellom 1. januar og 31. desember 1994. Domstolen sin fjerde årsrapport, som vart framlagd på Generalforsamlinga, viste framgang i arbeidet med å betre domstolen sine administrative rutinar, etter at ei rekkje svært alvorlege manglar ved domstolen sine rutinar vart avdekte av OIOS i 1997. Rwanda-domstolen vart den første internasjonale domstolen som har domfelt i ei folkemordsak då han avsa dom mot Jean-Paul Akayesu den 2. september 1999, 50 år etter at Folkemordskonvensjonen vart vedteken. Den norske domaren Erik Møse gjer for tida teneste ved domstolen, og Noreg har på tilsvarande vis som for Jugoslavia-domstolen tilbode seg å ta imot eit avgrensa tal straffedømde til soning i norske fengsel.
3.13.6 Tiltak for å motarbeide internasjonal terrorisme
Generalforsamlinga oppnemnde i 1996 ein ad hoc-komité med mandat til mellom anna å utarbeide ein konvensjon om motarbeiding av terrorisme med kjernefysiske midlar. Men arbeidet med denne konvensjonen har gått sakte, hovudsakleg fordi det har vist seg vanskeleg å oppnå semje om korleis tilhøvet til militære aktivitetar skal regulerast. Komiteen har òg arbeidd med eit fransk utkast til konvensjon om tiltak mot finansiering av terrorisme, som vart vedteke på den 54. generalforsamlinga. Generalforsamlinga vedtok òg å vidareføre ad hoc-komiteen sitt mandat og instruerte han om å halde fram arbeidet med konvensjonen om kjernefysisk terrorisme og å vurdere spørsmålet om å utarbeide ein global terrorismekonvensjon og opninga for å kalle saman til ein verdskonferanse om terrorisme i FN-regi, der eit av måla skal vere å nå fram til semje om ein definisjon av terrorisme.
3.14 Deltaking av ikkje-statlege organisasjonar
Under dei store FN-konferansane på 1990-talet vart det innført ein praksis med rett for ikkje-statlege organisasjonar til å delta i førebuingane, gjennomføringa og oppfølginga utan omsyn til om organisasjonane hadde såkalla samrådsstatus overfor FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC) eller ikkje. Etter Rio-konferansen vart det difor i 1993 innleidd eit arbeid med å revidere dei eksisterande, meir restriktive retningslinene frå 1968 om FNs tilhøve til deiikkje-statlege organisasjonane. Dette arbeidet vart sluttført i ECOSOC sommaren 1996, og det vart vedteke nye retningsliner (ECOSOC 1996/31). Det vil likevel framleis vere behov for å gjere unntak frå reglane, slik atikkje-statlege organisasjonar kan halde fram med å følgje arbeidet i dei funksjonelle kommisjonane med omsyn til oppfølging av konferansane, fram til dei mange organisasjonane det her gjeld, kan få ordna det formelle tilhøvet sitt til ECOSOC. Det vart òg vedteke at Generalforsamlinga skal sjå nærare på deiikkje-statlege organisasjonane sitt tilhøve til FN-systemet allment - utanfor ECOSOCs virkefelt og dei store FN-konferansane òg. Dette arbeidet har vore vanskeleg. Under den 52. generalforsamlinga vart generalsekretæren beden om å utarbeide ein rapport om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar, under dette implikasjonar av endringar i den gjeldande ordninga. Rapporten vart vurdert som ufullstendig, og den 53. generalforsamlinga vedtok ein resolusjon der ein bad om ein ny rapport på grunnlag av kommentarar til den første rapporten. Men det var ikkje politisk mogleg å handsame saka i år. Spørsmålet om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar var særleg vanskeleg etter at ein menneskerettsorganisasjon (Christian Solidarity International) vart fråteken ECOSOC-statusen sin, medan ein annan (Human Rights in China) ikkje fekk støtta søknaden sin. Samstundes arbeider Menneskerettskommisjonen med å gjere dei ikkje-statlege organisasjonane si deltaking betre. Det kjem motstand frå land som stort sett har ei restriktiv haldning til folkeleg deltaking og ikkje-statlege organisasjonar.