St.meld. nr. 3 (1998-99)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Til innholdsfortegnelse

6 Finanspostar og kapitalrekneskapen

6.1 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 1998 renteinntekter på 12,3 mrd kroner og renteutgifter på 18,3 mrd kroner. Frå 1997 til 1998 gjekk rentene av den innanlandske statsgjelda opp med om lag 1,1 mrd kroner, medan rentene av den utanlandske statsgjelda gjekk ned med omlag 1,3 mrd kroner.

Renteinntektene gjekk ned 3 mrd kroner frå 1997 til 1998. Renteinntektene frå statsbankane minka med 1,5 mrd kroner frå 1997 til 1998. Dette skuldast for det meste at renter frå Statens lånekasse for utdanning gjekk ned frå 4,8 mrd kroner i 1997 til 3,9 mrd kroner i 1998.

Tabell 6.1 Renter (tal i mill kroner)

    199619971998
1.Renteinntekter i alt20 70815 32312 284
Renter frå statsbankane13 1649 4187 907
Renter av kapital i statens forretningsverksemd520170171
Renter av innskott og andre krav5 8604 8393 483
Renter av lån til statsforetak925664450
Renter av lån til særlovselskap0168217
Renter av lån til aksjeselskap182107
Renter frå folketrygda455149
Andre renteinntekter123
2.Renteutgifter i alt20 11018 40118 272
Av innanlandsk statsgjeld16 48315 73316 851
Av utanlandsk statsgjeld3 6272 6781 421
Netto renteinntekter/renteutgifter598- 3 078- 5 988

6.2 Statens balansekonto

I samsvar med det nye Økonomireglementet for staten og “Funksjonelle krav til økonomiforvaltningen i staten” har ein frå og med 1996 søkt i større grad å syne kapitalrekneskapspostar under dei einskilte departementa, jf St prp nr 74 (1996-97).

Statens balansekonto omfattar ikkje investeringar i t d bygging av vegar, flyplassar og sjukehus. Slike investeringar blir ført til utgift i det året aktiviteten går føre seg, og kjem derfor ikkje til uttrykk på balansekontoen. Investeringar i forretningsdrifta blir derimot aktiverte og kjem med på balansekontoen som fast kapital.

Sum eignelutar auka med 38,9 mrd kroner. Den største endringa fell på spesielle fond og forsikringar som auka med 49,3 mrd kroner.

Statsgjelda gjekk ned med 22,6 mrd kroner til 253,6 mrd kroner. Frå 1997 til 1998 auka deposita og avsetningar med om lag 6 mrd kroner.

Overførte unytta løyvingar minka med 2,5 mrd kroner frå 1997 til 1998.

Tabell 6.2 Statens eignelutar og gjeld (tal i mill kroner)

Tekst19971998Endring
Eignelutar
Bank- og postgirokonti mm81 14647 942- 33 204
Spesielle fond og forsikringar146 136195 47149 335
Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige bedrifter50 24751 7571 510
Utlån og utestående fordringar179 814185 3705 556
Ordinære fond4 9974 997
Forskot634625- 9
Kapital i statsbankane7 6417 440- 201
Fast kapital i statsbedriftene135 897150 67514 778
Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar8 3535 089- 3 264
Valutabyte- 710- 947-237
Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs-3 725- 3 488237
Valutakursregulering, statens utanlandsgjeld- 368- 875-507
605 065644 05638 991
Gjeld
Statsgjelda276 219253 594- 22 625
Kontolån frå fond under Finansdepartementets forvaltning3 4958 2144 719
Deposita og avsettingar17 14911 178- 5 971
Utstedte gjeldsbrev for den ikkje betalte luten av grunnfond i statsbankane3 1363 136
Overførte unytta løyvingar9 8107 334- 2 476
Avslutningskonto295 256360 60065 344
605 065644 05638 991

6.3 Garantiar

Garantiane hadde ved utgangen av 1998 ei samla ramme på 72,9 mrd kroner og eit samla ansvar på 53,2 mrd kroner.

Samla utbetalingar var på 212,4 mill kroner i 1998.

Tabell 6.3 synar statens totale garantiansvar og garantiutbetalingar per 31.12.98.

Tabell 6.3 Statens samla garantiansvar og garantiutbetalingar per 31.12.98 (tal mill kroner)

  Totalt utbetalt i 1998Garantiansvar per 31.12.98
Utanriksdepartementet0,454,1
Kommunal-og regionaldepartementet5,931 931,5
Sosial-og helsedepartementet356,1
Nærings-og handelsdepartementet183,416 389,1
Landbruksdepartementet11,6
Samferdsledepartementet842,4
Miljøverndepartementet22,7415,5
Finansdepartementet3 168,2
Forsvardepartementet40,0
Olje-og energidepartementet5,6
Sum212,453 214,1

6.4 Offentlege fond under forvaltning av Finansdepartementet

Rekneskapen for 1998 for fond registrerte i kontogruppe 81 i kapitalrekneskapen omfatter 85 fond, mot 96 i 1997. Det har i 1998 kome til eitt nytt fond, Statens Miljøfond. Med rekneskapen for 1998 fell desse fonda bort; Heimeyrkefondet, Kulturminnefondet, Minnemedaljefondet, Nortraship Sjømannsfondet og Fond til innkjøp av elevarbeid ved Statens Kunstakademi.

I tillegg er H. A. Benneches legat for norsk kunst, Dir. Hans Evensens legat, Arkitekt Eirik Glosimodts legat, Hans Gudes legat, Heidenreich og hustrus legat, A. C. Houens legat, Betty og Karl Konows invalidelegat, Langaards legat til musikklivets fremme, Conrad Mohrs legat, Tollkasserer Schaffers legat, Chr. Sindings fond for norske komponister, Teaterdir. Johan Peter Strømbergs legat slegne saman til eit nytt fond; A.C Houens og Conrad Mohrs legat for kunstnere.

Fonda har i 1998 hatt ei samla inntekt på 3 102 mill kroner og ei samla utgift på 2 856 mill kroner. Det gjev eit samla driftsoverskott på 246 mill kroner.

Av inntektane er 2 439 mill kroner løyvde over statsbudsjettet. Dei største løyvingane gjeld Fond for SND og fylkeskommunane med 1 506 mill kroner og Landbrukets utviklingsfond med 523 mill kroner.

Opptente renteinntekter og aksjeutbytte er 164,3 mill kroner. Dette svarer til 3,77 pst av samla rentebærende fondskapital per 31. desember 1998.

For fond med formålsbundne utlån, er renta 4,5 pst og 8 pst p.a. per 31.12.1998. Inneståande i statskassa frå fond som er skipa med løyving over statsbudsjettet får ikkje rente. Landbrukets utviklingsfond og Utviklings- og investeringsfondet for reindrift utgjer eit unntak. For desse fonda har Stortinget bestemt at inneståande i statskassa skal gje rente. Landbrukets utviklingsfond har i 1998 hatt ei renteinntekt på 49 mill kroner.

Det er i perioden overført 977 mill kroner til statskassa. Ymse tilskot på i alt 1 651 mill kroner er elles dei største utgiftene til fonda. Av dette utgjer tilskot frå Landbrukets utviklingsfond 597 mill kroner og tilskot til kommunar og fylkekommunar frå fonda for lokal og regional næringsutvikling 420 mill kroner.

Avskrivingar på lån og tap på verdipapir er 3,4 mill kroner. Dei samla eignelutane til fonda er per 31.12.1998 bokførde med 7 048,5 mill kroner. Dette er ei auke på 577,5 mill kroner frå året før.

Av eignelutane står 3 838 mill kroner som innskott i statskassa, 1 496,6 mill er lån til landbruket, 1 463 mill er lån til private og 183,2 mill er lån til kommunar, industri og anna verksemd.

Samla kapital i fonda per 31.12.1998 er 5 660 mill kroner. Andre kreditorar utgjer tilsaman 1 388 mill korner. General vinst- og tapskonto og balansekonto til fonda er tekne inn under bolken offentlege fond i tillegget til denne meldinga.