4 Sluttkommuniké frå toppmøtet i Istanbul framlagd av stats- og regjeringssjefane 28. juni 2004
Vi, stats- og regjeringssjefane i medlemslanda i Atlanterhavsalliansen, stadfesta i dag den varige verdien av det transatlantiske sambandet og av NATO som grunnlaget for det kollektive forsvaret vårt og det viktigaste forumet for tryggingssamråd mellom Europa og Nord-Amerika. Dei 26 nasjonane våre står samla om demokrati, fridom for enkeltmennesket og rettstryggleik og er trufaste mot føremåla og prinsippa i FN-pakta. Vi er inspirerte av den felles visjonen som er nedfelt i Washington-traktaten og sluttar framleis fullt opp om det kollektive forsvaret av våre folk, territorium og styrkar. Transatlantisk samarbeid er avgjerande for forsvaret av verdiane våre og for å møte felles trugsmål og utfordringar frå alle hald.
På det siste toppmøtet vårt, i Praha i 2002, samdest vi om å omdanne alliansen vår med nye medlemer, ny kapasitet og nye tilhøve til partnarane våre. For berre nokre få månader sidan slutta sju nye medlemsland - Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia - seg til alliansen vår i den største utvidinga i historia til NATO. I dag, på toppmøtet Istanbul, har vi gjeve denne omdanninga ytterlegare form og retning med sikte på å tilpasse strukturane, framgangsmåtane og kapasiteten i NATO til utfordringane i dette hundreåret. Vi understrekar at denne innsatsen ikkje bør oppfattast som eit trugsmål av noko land eller nokon organisasjon. Alliansen vår tek på seg eit breitt spekter av oppdrag, fremjar stabilitet der det trengst for å forsvare tryggleiken vår og verdiane våre.
I dag har vi
vedteke å utvide den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken (ISAF) i Afghanistan, mellom anna med fleire regionale stabiliseringslag (PRT) og ved å styrkje støtta vår ved dei komande vala,
samdest om å avslutte alliansens vellukka SFOR-operasjon i Bosnia og Hercegovina, og ønskte velkomen at Den europeiske unionen var villig til å utplassere ein ny og klart FN-mandatert kapittel VII-styrke i landet på grunnlag av Berlin Pluss-ordningane, som dei to organisasjonane våre har vorte samde om,
stadfesta at eit sterkt KFOR-nærvær framleis er avgjerande for å styrkje tryggleiken og fremje den politiske prosessen i Kosovo ytterlegare,
vedteke å styrkje bidraget frå operasjon Active Endeavour, den maritime operasjonen vår i Middelhavet, til kampen mot terrorisme,
vedteke å tilby hjelp til regjeringa i Irak med å lære opp tryggingsstyrkane i samsvar med den separate fråsegna som vi har lagd fram om Irak,
vedteke eit betre sett med tiltak for å styrkje det individuelle og kollektive bidraget vårt til kampen som det internasjonale samfunnet fører mot terrorisme,
vedteke å føre vidare omdanninga av den militære kapasiteten vår for å gjere han meir moderne, meir gagnleg og meir mobiliserbar slik at heile spekteret av allianseoppdrag kan utførast,
stadfesta at døra til NATO framleis er open for nye medlemer, og oppmuntra Albania, Kroatia og den tidligare Jugoslaviske republikken Makedonia til å halde fram reformene som krevst på vegen til NATO-medlemskap,
gjort ei rekkje tiltak for å styrkje den euroatlantiske partnarskapen ytterlegare, særleg ved å setje eit spesielt fokus på samarbeid med partnarane våre i dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia, og
vedteke å styrkje Middelhavsdialogen vår og å tilby den utvida midtaustregionen samarbeid gjennom «Istanbulinitiativet».
Å medverke til fred og stabilitet i Afghanistan er det NATO prioriterer høgast. NATOs leiing av den FN-mandaterte internasjonale tryggingsstyrken viser viljen i Det nordatlantiske rådet til å vedta å setje i verk operasjonar for å sikre vår felles tryggleik. NATOs mål er å medverke til at Afghanistan vert eit trygt og stabilt land, med ei breitt basert, kjønnssensitiv, fleiretnisk og fullt ut representativ regjering, som er integrert i det internasjonale samfunnet og samarbeider med grannane sine. Å skape og tryggje fred i Afghanistan er avgjerande for velferda til det afghanske folket og for vår felles kamp mot terrorisme. Vi er framleis forplikta til denne saka og lovar å gje ISAF dei styrkane som krevst for at oppdraget vårt i Afghanistan skal kunne gjennomførast på ein vellukka måte.
I samråd med dei afghanske styremaktene vil vi halde fram med å utvide ISAF gradvis til heile Afghanistan ved at leiarnasjonane opprettar fleire regionale stabiliseringslag. Vi vil halde fram med å samordne og samarbeide med operasjon Enduring Freedom slik det er høveleg. Ei vellukka gjennomføring av val i heile landet vil verte ein avgjerande milestein i den demokratiske og fredelege utviklinga av Afghanistan. Som svar på president Karzais førespurnad støttar ISAF no veljarregistreringsprosessen og vil gje dei afghanske styremaktene sterkare støtte for å sikre tryggleiken under valet, så langt midlar og kapasitet tillèt. Etter valet bør regjeringa i Afghanistan utarbeide ein framtidsretta plan, som oppfyller visjonen i Bonn-avtala om å fremje nasjonal forsoning, varig fred, stabilitet og respekt for menneskerettane. ISAF har hjelpt til med å avvæpne militsane og å sikre våpen. Bonn-prosessen er på sporet, og legitime politiske institusjonar er i ferd med å utvikle seg. Atterreisingsprosjekt, reformer i tryggingssektoren og andre initiativ gjer dagleglivet lettare for mange menneske. Vi fordømmer sterkt at det skjer stadig fleire åtak på sivile hjelpearbeidarar, som gjev eit verdifullt tilskot til framtida til Afghanistan.
Vi oppmodar dei afghanske styremaktene til å gjennomføre nedrustings-, demobiliserings- og reintegreringsprosessen på ein energisk måte, og særleg tilbaketrekkinga av militære einingar frå Kabul og andre byar. Vi vil gje høveleg støtte, innanfor ISAFs mandat, til dei afghanske styremaktene når dei gjennomfører resolutte åtgjerder mot produksjon av og handel med narkotika. Vi er budde på å hjelpe den afghanske regjeringa med å byggje ei betre framtid for Afghanistan, saman med operasjon Enduring Freedom, FN-hjelpestyrken til Afghanistan, Den europeiske unionen og andre internasjonale organisasjonar i området. Vi oppmodar òg grannane til Afghanistan til å medverke i denne innsatsen i samsvar med ønska til dei afghanske styremaktene. Vi rosar Canada for den rolla landet spelar i ISAF, og ser fram til den framtidige rolla til Eurocorps.
Tryggingssituasjonen i den strategisk viktige regionen Balkan er stabil, men er framleis skjør. Alliansen er framleis forplikta til fred og stabilitet på Balkan og den territorielle integriteten og suvereniteten til alle landa i regionen. Vi vil vere forplikta fram til fred og tryggleik er fast etablert, og progressiv integrering av alle Balkan-land i euroatlantiske strukturar er oppnådd. Alle land i regionen må sjølv ta ansvaret for og gjennomføre naudsynte reformer. Nærare samarbeid i deira eigen region vil medverke til å fremje stabilitet og velstand. Sjølv om vi ønskjer velkomen ei betring i samarbeidet med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), der det har hendt, understrekar vi at alle land som det gjeld, må samarbeide fullt ut med ICTY, og særleg stille for retten alle dei som er tiltala av domstolen, først og fremst Radovan Karadzic og Ratko Mladic men òg Ante Gotovina, slik tryggingsrådsresolusjon 1503 og 1534 krev.
Ettersom tryggingssituasjonen i Bosnia og Hercegovina har utvikla seg positivt, har vi vedteke å avslutte alliansens vellukka SFOR-operasjon i år. Vi ønskjer velkomen at Den europeiske unionen er villig til å utplassere ein ny og klart FN-mandatert robust kapittel VII-styrke i landet på grunnlag av Berlin Pluss-ordningane, som dei to organisasjonane våre har vorte samde om, og ser fram til eit nært samarbeid framleis. NATOs langsiktige politiske forplikting til Bosnia og Hercegovina er framleis uendra, og det nye NATO-hovudkvarteret vil vere NATOs einaste militære nærvær i landet. NATO-hovudkvarteret i Sarajevo, som har som hovudoppgåve å gje råd om forsvarsreformer, vil òg ha visse operative støtteoppgåver, til dømes antiterrorisme og samtidig sikre styrkevern; å støtte ICTY, så langt midlar og kapasitet tillèt, med omsyn til fengsling av personar som er tiltala for krigsbrotsverk; og deling av etterretningsinformasjon med EU. Dayton/Paris-avtala gjeld framleis som grunnlaget for fred og stabilitet i Bosnia og Hercegovina.
I Kosovo er eit robust KFOR-nærvær framleis avgjerande for å styrkje tryggleiken og fremje den politiske prosessen ytterlegare. Vi stadfestar forpliktinga vår til eit trygt, stabilt og fleiretnisk Kosovo på grunnlag av full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1244, den avtala standardar før status-politikken og mekanismen for gjennomgang av standardar. Vi fordømmer sterkt valdsutbrotet som medførte tap av liv, og øydelegginga av religiøse minnesmerke og kulturminnesmerke i mars 2004, og vil ikkje tolerere nokon slike handlingar som tek sikte på å undergrave den politiske prosessen. Vi oppmodar alle partar til å skunde på atterreisinga og å skape tilhøve for sikker tilbakesending av fordrivne personar. Vi oppmodar sterkt alle samfunn til å arbeide konstruktivt for å oppfylle dei internasjonalt støtta standardane, å gå inn i dialog på alle plan og å delta i lokale samfunnsinstitusjonar. Vi oppmodar dei òg til å gjennomføre og delta i vala i oktober på ein rettferdig og fredeleg måte. Vi ønskjer velkome at FNs generalsekretær har oppnemnd Søren Jessen-Petersen som sin spesialrepresentant i Kosovo. For å skunde på framgangen vil NATO halde fram med å samarbeide med FN, EU, OSSE og andre internasjonale organisasjonar, samt kontaktgruppa, ved mellom anna å vere til stades på møta i gruppa, ettersom det høver.
NATOs maritime overvakings- og eskorteoperasjon, operasjon Active Endeavour, demonstrerer at alliansen er viljefast og evnar å svare på terrorisme. I mars i år vart operasjonen utvida til heile Middelhavet. Det vert no arbeidd med å ytterlegare styrkje tilskotet frå denne operasjonen til kampen mot terrorisme, mellom anna ved tilskot frå partnarlanda, mellom andre landa i Middelhavsdialogen. Vi ønskjer velkomne tilboda om støtte frå Russland og Ukraina og har invitert begge landa til å drøfte dei nærare vilkåra for deltaking frå deira side. Alle slike tilbod om støtte, mellom anna frå andre interesserte land, vil verte vurderte konkret i kvart einskilt tilfelle. Ved gjennomgang av oppdraget til operasjon Active Endeavour kan NATO vurdere å ta for seg, i samsvar med folkeretten, faren for terrorrelatert handel med eller bruk av kjernefysiske, kjemiske og biologiske våpen, utskytningsmiddel for desse og tilknytt materiale.
Vi heidrar alle lands menn og kvinner som gjer teneste i NATO-leidde operasjonar for deira profesjonalisme og truskap i kampen for fred og tryggleik. Vi forstår kor mykje resultatet av operasjonane våre er avhengig av dei banda som desse mennene og kvinnene knyter med regjeringar og folk i dei ulike operasjonsområda. Vi er djupt takksame for det dei har ofra dei som har mist livet eller vorte skadde under oppdrag, og uttrykkjer vår djupe medkjensle med familiane deira og pårørande.
Terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytningsmiddel for desse er no viktige trugsmål mot og utfordringar for Alliansens og internasjonal tryggleik.
Vi fordømmer sterkt terrorisme, same kva motivet for han er og same kva form han har, og vil saman kjempe mot han så lenge det krevst. Alliansen gjev reaksjonen mot terrorisme ein avgjerande transatlantisk dimensjon, som krev at Nord-Amerika og Europa samarbeider så nært som det er råd. Vi er forplikta til å halde fram kampen mot terrorisme i alle former, i samsvar med folkerettslege føresegner og prinsippa til FN. Tilnærminga vår til terrorisme og årsakene til terrorisme omfattar full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1373 om kampen mot terrorisme og vil framleis ta mange former og vere omfattande, med mellom anna politiske, diplomatiske, økonomiske og, om det krevst, militære middel. At det framleis vert gjort terrorhandlingar, mellom anna i Istanbul i fjor og i Madrid i mars i år, har vist at terrorisme framleis utgjer eit akutt trugsmål i heile verda. Forsvaret mot terrorisme kan omfatte aktivitetar ved NATOs militære styrkar, grunna på vedtak gjorde i Det nordatlantiske rådet, for å førebyggje, stanse og forsvare og verne mot terroråtak, eller trugsmål om åtak, styrt frå utlandet, mot folket, territoriet, infrastrukturen og styrkane til ein medlemsstat, mellom anna ved å gjere tiltak mot desse terroristane og dei som husar dei. Difor har vi i dag samdest om eit betre sett med tiltak for å styrkje det individuelle og kollektive tilskotet vårt til kampen som det internasjonale samfunnet fører mot terrorisme, mellom anna trongen for å hindre at terroristar skaffar seg masseøydeleggingsvåpen. Desse tiltaka omfattar
betre deling av etterretningsinformasjon mellom nasjonane våre, mellom anna gjennom etterretningseininga mot terroristtrugsmål, og ein gjennomgang av etterretningsstrukturane i NATO-hovudkvarteret,
betre evne til å svare raskt på nasjonale oppmodingar om hjelp til vern mot og handtering av følgjene av terroråtak, mellom anna åtak med kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen, og, i denne samanhengen, framleis sterk støtte til den fleirnasjonale NATO-bataljonen til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen,
hjelp til vern av utvalde større arrangement, mellom anna med NATO-fly for tidleg varsling og kontroll,
styrkt tilskot til kampen mot terrorisme frå operasjon Active Endeavour,
framleis sterk innsats gjennom operasjonane våre på Balkan og i Afghanistan for å medverke til å skape tilhøve som ikkje gjev grobotn for terrorisme,
betre kapasitet til forsvar mot terroråtak, mellom anna ved hjelp av arbeidsprogrammet for å utvikle nye, avanserte teknologiar, og
auka samarbeid med partnarane våre, mellom anna ved gjennomføring av handlingsplanen for sivil vernebuing og partnarskapshandlingsplanen mot terrorisme, og med andre internasjonale og regionale organisasjonar, mellom anna ved å aktivt søkje samråd og informasjonsutveksling med Den europeiske unionen.
Alliansens politikk om støtte til våpenkontroll, nedrusting og ikkje-spreiing vil framleis spele ei stor rolle når det gjeld å nå tryggingsmålsetjingane til alliansen, mellom anna å førebyggje spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytningsmiddel for desse. Vi understrekar verdien av at alle statar etterlever og fullt ut gjennomfører forpliktingane sine til våpenkontroll, nedrusting og ikkje-spreiing og styrkjer gjeldande internasjonale våpenkontroll- og nedrustingsavtalar og fleirsidige ikkje-spreiings- og eksportkontrollordningar. I denne samanhengen vil snarleg tilmelding av alle NATO-medlemer til alle høvelege gjeldande ikkje-spreiingsordningar spele ei positive rolle. I dag
understrekar vi forpliktinga vår til å styrkje ikkjespreiingsavtala, hjørnesteinen i ikkje-spreiing og nedrusting, og å sikre at alle statar som er part i avtala, etterlever avtala fullt ut,
understrekar vi verdien av andre skylde internasjonale avtalar, mellom anna Konvensjonen om biologiske våpen og toksinvåpen, Konvensjonen om kjemiske våpen og Haag-kodeksen mot missilspreiing,
støttar vi sterkt tryggingsrådsresolusjon 1540, som oppmodar alle statar til å opprette effektive nasjonale eksportkontrollar, til å vedta og handheve lover som kriminaliserer spreiing, til å gjennomføre samarbeidstiltak for å hindre at ikkje-statlege aktørar skaffar seg masseøydeleggingsvåpen, og til å stanse ulovleg handel med masseøydeleggingsvåpen og tilknytt materiale,
vedtek vi å styrkje den felles innsatsen vår for å redusere og vareta kjernefysisk og radiologisk materiale,
vedtek vi å hindre og avgrense spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytningsmiddel for desse og å samarbeide om å nå desse måla,
ønskjer velkome at G8 har vedteke handlingsplanen sin mot ikkje-spreiing, som vart vedteken 10. juni, og
ønskjer velkomen oppdaginga og den pågåande etterforskinga av A.Q. Khans spreiingsnett.
Alliansen understrekar si sterke støtte til måla i initiativet for spreiingstryggleik (Proliferation Security Initiative - PSI) og fråsegna om forbodsprinsipp som har som mål å skape eit meir samordna og effektivt grunnlag for å hindre og stanse leveransar av masseøydeleggingsvåpen, utskytningssystem og tilknytt materiale som vert transportert til og frå statar og ikkje-statlege aktørar som ein fryktar utgjer ein spreiingsfare. Alliansen ønskjer velkomen innsats etter initiativet for spreiingstryggleik som er i samsvar med nasjonale lovverk og relevante internasjonale regelverk, mellom anna tryggingsrådsresolusjonar. Vi oppmodar òg partnarane våre og andre land til å støtte og gjennomføre målsetjingane i initiativet for spreiingstryggleik.
Alliansen ønskjer velkomne dei stega Libya har teke gjort for å gjennomføre vedtaket sitt som vart kunngjort 19. desember 2003, om å avvikle masseøydeleggingsvåpenprogramma sine under internasjonal overvaking og å avgrense missila sine til ei rekkevidd på mindre enn 300 kilometer. Vi ser fram til vedvarande framgang. Samtidig oppmodar vi Libya til å respektere grunnleggjande menneskerettar.
Vi tek opp att forpliktinga vår til CFE-avtala som ein hjørnestein i europeisk tryggleik og stadfestar at vi går inn for ei snarleg iverksetjing av den tilpassa avtala. Vi minner om at oppfylling av dei attståande Istanbul-forpliktingane med omsyn til republikken Georgia og republikken Moldova vil gjere det mogleg for allierte og andre statspartar for å gå vidare mot ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtala. Vi merkar oss framgangen som vart gjort i 2003 med omsyn til tilbaketrekking av russiske militære styrkar frå republikken Moldova. Vi seier oss leie for at denne framgangen ikkje har heldt fram i 2004, og at fullføringsdatoen, som vart utsett til 31. desember 2003 innanfor ramma av OSSE, ikkje vart oppfylt. Det er avgjerande at innsatsen for å fullføre tilbaketrekkinga så snart som råd vert intensivert. Vi vil halde fram, via OSSE, å overvake og hjelpe til med denne prosessen. Vi oppmodar sterkt til ei rask løysing på dei attståande spørsmåla mellom Georgia og Russland, som fastsett i felleserklæringa deira frå Istanbul av 17. november 1999, og for dette føremålet oppmodar vi partane til å ta opp att forhandlingane på eit høveleg høgt plan. Vi ønskjer velkomen tilnærminga frå ikkje-CFE-allierte som har uttrykt at dei aktar å be om tilmelding til den tilpassa CFE-avtala når ho trer i kraft. Tilmelding av desse allierte vil gje eit viktig tilskot til europeisk tryggleik og stabilitet.
Vi ønskjer velkomen framgangen som er gjort når det gjeld omdanninga av alliansens militære kapasitet. Dette er eit langsiktig arbeid som må halde fram dersom NATO skal kunne gjennomføre heile spekteret av oppdraga sine i ein utfordrande tryggingssituasjon og møte dei operative forpliktingane sine og dei trugsmåla vi står overfor i dag, mellom anna terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. NATO må kunne mobilisere styrkar som kan flytte seg raskt for å gjere teneste langt borte og over lang tid.
Om realisering av måla vi sette oss på toppmøtet i Praha i november 2002:
den fleirnasjonale NATO-bataljonen til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen har nettopp vorte fullt operativ,
som planlagt vil den operativt fleksible NATO-reaksjonsstyrken (NRF) få operativ grunnevne seinare i år,
gjennomføringa av NATOs straumlineforma kommandoordningar er i rute, mellom anna er den allierte kommandoen for omdanning oppretta,
gjennomføringa av nasjonale kapasitetstilsegner frå Praha (PCC) er i gang, og fleirnasjonale aktivitetar - innanfor strategisk sjø- og lufttransport, drivstoffylling i lufta og det allierte bakkeovervakingssystemet - gjer framleis framgang og vil styrkje den militære kapasiteten vår på mange område, og
vi vurderer ulike alternativ for å handtere det aukande missiltrugsmålet mot allierte territorium, styrkar og tettfolka område gjennom ein passande kombinasjon av politiske og forsvarsmessige tiltak kombinert med avskrekkingstiltak. Vi merkar oss at arbeidet med forstudien om missilforsvar, som vart vedteke i Praha for å vurdere ulike alternativ, har byrja, og vi vurderer framleis missiltrugsmåla.
For å kunne møte dagens utfordringar treng vi den rette kapasiteten. I somme tilfelle kan nasjonar frigjere ressursar frå nasjonale styrkestrukturar og/eller nasjonal kapasitet som ikkje lenger trengst, og investere dei i mobiliserbar kapasitet. Nasjonane må vere meir villige til å stille desse styrkane og denne kapasiteten til rådvelde. NATO treng å kunne handle raskt og er konfigurert til å gjere det. Samtidig er vi fastrådde på å styrkje den politiske avgjerdsprosessen vår ytterlegare gjennom inngåande samråd, som lettar felles målmedvit og viljefastleik, definering av klare strategiar og målsetjingar før ein operasjon vert sett i verk, og betre planlegging av støtte til tilskota frå nasjonane til operasjonane - og vi erkjenner at kvar av nasjonane har suveren rett til å avgjere korleis styrkane deira skal brukast.
For å betre evna vår til å gjennomføre operasjonar på ein vellukka måte og for å styrkje sambandet mellom politisk semje om å starte operasjonar og framskaffing av dei styrkane som krevst, har vi i dag
ønskt velkomne forpliktingane som er gjorde av dei sju nye allierte innanfor ramma av kapasitetstilsegna frå Praha, og stadfesta støtta vår til tilsegna; vi ønskte velkome samarbeidet mellom Praha-tilsegna og grupper som arbeider med den europeiske kapasitetshandlingsplanen; vi vil i dei nasjonale planane våre leggje særleg vekt på å overkome attståande kritiske manglar, å gjennomføre dei nasjonale forpliktingane våre, å ytterlegare fremje dei fleirnasjonale samarbeidsprosjekta som landa våre deltek i, og å gjere kapasiteten vår samverkande og å tilpasse han til den framveksande tryggingssituasjonen,
ønskt velkomen rapporten frå forsvarsministrane våre om ytterlegare steg for å gjere styrkane våre meir allsidige ved å vedta mål på høgt politisk plan i Istanbul og å supplere desse måla med individuelle nasjonale mål, og samdest om å intensivere innsatsen vår, samtidig som vi tek omsyn til nasjonale prioriteringar og forpliktingar, for å strukturere, førebu og utstyre landstyrkar til utplasseringsoperasjonar i regi av NATO eller andre,
ønskt velkomne endringar i planleggingsprosessane i alliansen, som gjer at dei kan stette gjeldande og framtidige operative krav betre. Vi har pålagt Det faste rådet å utarbeide til vår vurdering ei omfattande politisk rettleiing til støtte for strategikonseptet for alle alliansens kapasitetsspørsmål, planleggingsdisiplinar og etterretning, som tek omsyn til kva alliansen treng, til dømes styrkar som er samverkande og mobiliserbare, og som kan utføre både større og mindre operasjonar, samtidig om det krevst, og operere i fellesskap i ein samansett tryggingssituasjon. Grensesnitta mellom dei respektive allianseplanleggingsdisiplinane, mellom anna operativ planlegging, bør analyserast meir,
ønskt velkomen framgangen i arbeidet med å betre styrkeoppbyggingsprosessen for NATO-avtala operasjonar og NATO-reaksjonsstyrken, mellom anna ved å gå i retning av ei meir langsiktig og meir omfattande og meir framsynt tilnærming, og ved å leggje til rette for avgjerder som på kvart stadium står i høve til den naudsynte militære kapasiteten, og
gjeve pålegg om at arbeid med regionalt forsvar mot ballistiske missilar raskt vert ført vidare. I denne samanhengen merka vi oss godkjenninga av prinsippet om oppretting av eit NATO-program for aktivt lagdelt regionalt ballistisk missilforsvar; ønskte velkomen at nasjonane var villige til å stille den tre-nasjonale innsatsstyrken for utvida luftforsvar til rådvelde for alliansen, og merka oss arbeidet som militærstyremaktene i NATO gjer i samband med forsvaret av utplasserte NATO-styrkar, mellom anna NATO-reaksjonsstyrken, mot regionale ballistiske missil.
Med dei vedtaka som er gjorde her i Istanbul, og dei ytterlegare forbetringane som vi har sett i verk, og som vi har pålagt Det faste rådet å arbeide vidare med, sikrar vi at den allierte kapasiteten vil vere moderne, effektiv, fleksibel og fullt ut tenleg for dei utfordringane vi står overfor no og kan stå overfor i framtida.
Vi har oppmoda Generalsekretæren og Det faste rådet til å gjere det som trengst for å sikre at omdanningsprosessen, mellom anna når det gjeld spørsmål om leiing og finansiering, vert gjennomført fullt ut. Vi ser fram til resultatet av gjennomgangen av NATO-organ, som bør gje eit godt grunnlag for støtteaktiviteten i neste tiår. Vi oppmuntrar Generalsekretæren til å føre vidare det nye NATO-hovudkvarterprosjektet på ein rettidig og effektiv måte.
Rustingsaktivitetane i NATO må følgje utviklinga i alliansens militære trong. Vi stadfestar difor den vekta vi legg på det gjensidig gagnlege transatlantiske samarbeidet i forsvarsindustrien.
Vi feirar NATOs vellukka open dør-politikk og stadfestar i dag at dei sju nye medlemene våre ikkje vil verte dei siste. Døra til medlemskap er framleis open. Vi ønskjer velkomen framgangen som Albania, Kroatia og den tidligare Jugoslaviske republikken Makedonia har gjort når det gjeld gjennomføringa av dei nasjonale årsplanane i handlingsplanen for medlemskap, og oppmuntrar dei til å halde fram arbeidet med reformene som krevst på vegen til NATO-medlemskap. Vidare rosar vi dei for det dei har gjort for å skape stabilitet og samarbeid i regionen. Vi ønskjer at alle tre landa skal lukkast, og vil halde fram med å hjelpe dei i arbeidet med reformene. NATO vil framleis vurdere kvart lands kandidatur for seg, på grunnlag av framgangen som er gjort i arbeidet med å nå reformmåla i handlingsplanen for medlemskap, som vil vere kriteriet når medlemskap for kvart kandidatland skal vurderast. Vi gjev utanriksministrane i NATO pålegg om å følgje kontinuerlig med i utvidingsprosessen, medrekna gjennomføringa av handlingsplanen for medlemskap, og rapportere til oss. På grunnlag av denne rapporten vil vi på neste toppmøte gå gjennom framgangen som kandidatlanda har gjort på vegen mot medlemskap.
Utvidingane av NATO og Den europeiske unionen nyleg er eit stort steg på vegen mot eit heilt og fritt Europa og ei sterk stadfesting på at organisasjonane våre deler felles verdiar og strategiske interesser. Vi er nøgde med framgangen som er gjort for å utvikle den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU på grunnlag av og etter inngåinga av Berlin Pluss-ordningane. NATO og EU samarbeider framleis effektivt på Vest-Balkan og er forplikta til å hjelpe landa i regionen med ytterlegare integrering i euroatlantiske strukturar. Tilhøvet mellom NATO og EU omfattar no ei lang rekkje saker av felles interesse om tryggleik, forsvar og krisehandtering, mellom anna kampen mot terrorisme, utvikling av samkøyrd og gjensidig forsterkande militær kapasitet og sivil vernebuingsplanlegging. Vi er fastrådde på å arbeide saman for å utvikle vidare den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU slik dei to organisasjonane våre har samst om, på ein måte som sikrar gjensidig innsyn og respekt for NATO og EU som uavhengige organisasjonar.
Vi byggjer vidare på framgangen som er gjort sidan Praha-toppmøtet, og har i dag teke ei rekkje steg for å styrkje den euroatlantiske partnarskapen ytterlegare. Samtidig som vi tek desse stega, ventar vi at alle partnarane vil oppfylle forpliktingane sine til vern og fremjing av menneskerettane og dei andre grunnleggjande fridomane og verdiane dei har halde fast ved under Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred. Vi støttar sjølvstendet, suvereniteten og den territorielle integriteten til alle statar i det euroatlantiske området.
Vi har i dag lagt fram ein partnarskapshandlingsplan for bygging av forsvarsinstitusjonar. Vi oppmuntrar partnarane til å nytte seg fullt ut av dette nye instrumentet til å byggje demokratisk ansvarlege forsvarsinstitusjonar og støttar dei i dette arbeidet.
Militær samvirkeevne og omdanning er viktige for effektiviteten til partnarskapa våre når det gjeld å hjelpe oss å møte framveksande tryggingsutfordringar og å setje allierte styrkar og partnarstyrkar i stand til å operere effektivt i NATO-leidde operasjonar. Verdien av dette samarbeidet for alliansen, særleg samarbeidet mellom dei vesteuropeiske partnarane, visest kontinuerleg på Balkan og i Afghanistan. Vi aktar difor å gje partnarane våre betre høve til å styrkje bidraget sitt til NATO-leidde operasjonar og å hjelpe dei med å omdanne forsvaret sitt i tråd med NATOs framveksande operative roller og kapasitet, mellom anna ved styrking av konseptet for operativ kapasitet. Vi vil søkje tidlegast mogleg involvering av troppebidragsytande nasjonar i den avgjerdsformande prosessen, medrekna høve til politisk samråd. NATOs nye kommandostruktur tillèt partnarane å utvide deltakinga, mellom anna ved å tilby dei høveleg representasjon i den allierte kommandoen for omdanning.
NATO har vedteke ein omfattande politikk for å yte sitt til den internasjonale kampen mot menneskehandel, som er eit grovt brot på menneskerettane og avlar korrupsjon og organisert kriminalitet. Vi er òg fastrådde på å arbeide saman med partnarane våre om å støtte den internasjonale innsatsen, der NATO kan tilføre verdi, for å nedkjempe denne og andre former for ulovleg handel.
For å styrkje den euroatlantiske partnarskapen vil vi setje eit spesielt fokus på samarbeid med partnarane våre i dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia. For det føremålet har NATO vedteke betre sambandsordningar og har mellom anna oppnemnd to sambandsmenn og ein spesialrepresentant for dei to regionane frå den internasjonale staben. Vi ønskjer velkomen vedtaket til Georgia, Aserbajdsjan og Usbekistan om å utarbeide individuelle handlingsplanar for partnarland saman med NATO. Dette er eit monaleg steg i desse landa sin innsats for å utvikle nærare partnarskapstilhøve til alliansen. Vi ønskjer velkomen at den nye regjeringa i Georgia har forplikta seg til reformer.
Vi er framleis forplikta til partnarskap med republikken Moldova og oppmuntrar landet til å nytte seg av partnarskapsinstrumenta til å gjennomføre ønsket sitt om å fremje stabilitet i regionen som partnar i alliansen.
Vi ser fram til å ønskje Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro velkomne til Partnarskap for fred (PfP) når dei har oppfylt dei fastsette NATO-vilkåra. Vi ønskjer at dei skal lukkast i å slutte seg til den euroatlantiske partnarskapen, og vil hjelpe dei med dette. Vi er budde på å hjelpe desse landa ved å ta dei med i utvalde PfP-aktivitetar. Kvart land vil verte vurdert på individuelt grunnlag på vegen til PfP.
Vi ønskjer velkomen den gode framgangen som Bosnia-Hercegovina har gjort med forsvarsreformer, som er eit viktig vilkår for PfP-medlemskap. Vi oppmodar framleis sterkt til framgang i arbeidet med å få til ein samla militær styrke. Vi har samst om å peike ut ein kontaktpunktambassade i Sarajevo for å betre forståinga av NATO. Vi er urolege over at Bosnia-Hercegovina, særleg obstruksjonistiske element i eininga Republika Srpska, ikkje har levd opp til forpliktinga si om å samarbeide fullt ut med ICTY, mellom anna når det gjeld arrestasjon og overføring til domstolens varetekt av personar som er tiltala for krigsbrotsverk, som er eit grunnleggjande krav for at landet skal kunne slutte seg til PfP. Vi ser òg etter systemiske endringar som krevst for å utvikle effektive tryggings- og lovhandhevingsstrukturar.
Serbia og Montenegro har òg vist framgang i arbeidet med forsvarsreformer, og regjeringa har spela ei konstruktiv rolle i regionen og betra tilhøvet til grannane sine. Vi ser fram til ytterlegare framgang på desse områda, særleg når det gjeld regjeringas engasjement i Kosovo-skylde spørsmål. Samtidig står sakene ved Den internasjonale domstolen mot fleire av dei allierte framleis ved lag. Vi oppmodar regjeringa om å oppfylle dei internasjonale forpliktingane sine, særleg å samarbeide med ICTY og gje all naudsynt hjelp for å sikre arrestasjon og overføring til domstolens varetekt av personar som er tiltala for krigsbrotsverk.
Frå han byrja i 1994 har NATOs Middelhavsdialog medverka mykje til å byggje tillit og samarbeid mellom Alliansen og middelhavspartnarane til Alliansen. I noverande tryggingssituasjon er det betre høve til effektivt samarbeid med partnarane i Middelhavsdialogen. Etter vedtaket vårt i Praha om å oppgradere middelhavsdialogen inviterer vi i dag Middelhavspartnarane våre til å opprette ein meir ambisiøs og utvida partnarskap, rettleidd av prinsippet om felles eigarskap samtidig som det vert teke omsyn til deira særlege interesser og særleg trong. Det overordna målet med denne partnarskapen vil vere å medverke til tryggleik og stabilitet i regionen ved hjelp av eit sterkare praktisk samarbeid, mellom anna ved å styrkje den eksisterande politiske dialogen, å oppnå samvirkeevne, å utarbeide forsvarsreformer og å medverke til kampen mot terrorisme. Innsatsen vår vil utfylle og gjensidig forsterke andre middelhavsinitiativ, medrekna middelhavsinitiativa til EU og OSSE.
Vidare har vi i dag vedteke å tilby den utvida midtaustregionen samarbeid ved å leggje fram «Istanbulinitiativet» vårt. Dette initiativet vert tilbydd av NATO til interesserte land i regionen og startar med landa i Golfsamarbeidsrådet; det skal fremje gjensidig gagnlege tosidige tilhøve og på denne måten styrkje tryggleiken og stabiliteten. Initiativet fokuserer på praktisk samarbeid der NATO kan tilføre verdi, særleg på områda forsvar og tryggleik. Dette initiativet skil seg frå, men tek likevel omsyn til og utfyller, andre initiativ med andre internasjonale aktørar.
Samtidig som den utvida Middelhavsdialogen og «Istanbulinitiativet» respekterer spesifisiteten til Middelhavsdialogen, utfyller dei kvarandre og er progressive og individualiserte prosessar. Dei vil verte utvikla i ei ånd av felles eigarskap med dei landa det gjeld. Framleis samråd og aktivt engasjement vil vere avgjerande for om dei lukkast.
Sidan det vart oppretta for to år sidan har NATO-Russland-rådet heva kvaliteten på tilhøvet mellom alliansen og Russland til ei nytt nivå, og dette gagnar heile det euroatlantiske området. Vi stadfestar at vi er fastrådde på å utvide den politiske dialogen vår og er forplikta til å utdjupe samråda våre om viktige tryggingsspørsmål, mellom anna Afghanistan og Balkan og kampen mot terrorisme og mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytningsmiddel for desse. Det praktiske samarbeidet vårt, mellom anna når det gjeld fagmilitære prosjekt, går framover. Gjennom innsatsen vår for å betre samvirkeevna har vi òg lagt grunnlaget for framtidig operativ støtte til NATO-styrkar, mellom anna til moglege felles fredstryggjande operasjonar. Vi ønskjer velkomen framgangen som er gjort i det praktiske samarbeidet om regionalt rakettforsvar, sivil vernebuingsplanlegging, det kooperative luftromsinitiativet og leite- og redningsaksjonar til sjøs. Vi ser fram til å gjere ytterlegare framgang når det gjeld gjennomføringa av Roma-erklæringa av mai 2002 og samarbeider som likeverdige partnarar på område av felles interesse.
Vi ønskjer velkomen at Ukraina er fastrådd på å arbeide for full euroatlantisk integrering. I denne samanhengen stadfestar vi kravet om konsekvent og målbar framgang når det gjeld demokratiske reformer. Vi oppmuntrar Ukraina til å skunde på gjennomføringa av målsetjingane som er skisserte i NATO-Ukraina-handlingsplanen, særleg om gjennomføring av frie val, garantering av mediafridom og gjennomføring av resultata av forsvarsgjennomgangen. Vi er fastrådde på å støtte Ukraina i denne innsatsen; men ei ytterlegare styrking av tilhøvet vårt vil krevje sterkare prov på Ukrainas forplikting til omfattande reformer, særleg med tanke på gjennomføringa av presidentvalet til hausten. Vi ønskjer velkomen at Ukraina framleis vil delta i KFOR som ein del av den polsk-ukrainske bataljonen. Vi merkar oss framgangen som Ukraina har gjort med omsyn til forsvarsreformer og med omsyn til styrking av forsvars- og militærsamarbeid med NATO, mellom anna på området vertslandsstøtte og strategisk lufttransport. Med denne forståinga pålegg vi Det faste rådet å vurdere tilhøvet mellom NATO og Ukraina med sikte på å leggje fram tilrådingar for utanriksministrane etter presidentvalet.
Vi merkar oss verdien som svartehavsregionen har for euroatlantisk tryggleik. Kyststatar, allierte og partnarar samarbeider for å styrkje tryggleiken og stabiliteten i området ytterlegare. Alliansen vår er budd på å utforske måtar å utfylle denne innsatsen på, ved å byggje på eksisterande former for regionalt samarbeid.
Vi ønskjer velkomen interessa frå fleire land som er i ferd med å utvikle individuelle og gjensidig gagnlege dialogar om tryggingsspørsmål med NATO som kontaktland. I denne samanhengen ønskjer vi velkomen interessa som Australia har vist for nærare samarbeid med alliansen vår.
NATO og OSSE har stort sett gjensidig utfyllande ansvarsområde og felles interesser, både funksjonelt og geografisk. NATO vil halde fram med å utvikle vidare samarbeidet med OSSE på område som konfliktførebygging, krisehandtering og atterreising etter konflikt.
Vi ønskjer velkomen rolla som parlamentarikarforsamlinga i NATO spelar når det gjeld å utfylle NATOs innsats for å fremje stabilitet i heile Europa. Vidare set vi pris på bidraget frå Atlanterhavskomiteen når det gjeld å fremje betre forståing av alliansen og målsetjingane til alliansen hjå ålmentene våre.
Dagens samansette strategiske situasjon består av både politiske, økonomiske og militære element og krev difor ei brei tilnærming til tryggleik. Vi står samla om forpliktinga vår til ei slik tilnærming. Alliansen gjennomfører utfordrande operasjonar i strategisk viktige regionar, omdannar kapasiteten sin til å møte dei nye trugsmåla og samarbeider stadig nærare med partnarland og andre internasjonale organisasjonar i ein verkeleg fleirsidig innsats for å ta tak i felles tryggingsspørsmål. Medan omdanninga av NATO held fram, står det grunnleggjande føremålet med NATO - grunna på fellesverdiane demokrati, menneskerettar og rettstryggleik - ved lag: å tene som eit viktig transatlantisk forum for samråd og eit effektivt instrument for Europa og Nord-Amerika til å forsvare fred og stabilitet, no og i framtida.
Vi er djupt takksame for den vennlege mottakinga vi har fått av regjeringa i Tyrkia og byen Istanbul. Her i Istanbul, ein by som bind saman to kontinent, har vi stadfesta det viktige transatlantiske sambandet og lagt fram nye tilbod om samarbeid til strategisk viktige land og regionar.