6 Istanbul-erklæringa «Tryggleiken vår i ein ny epoke» framlagd av stats- og regjeringssjefane på toppmøtet i Istanbul 28. juni 2004
Vi, stats- og regjeringssjefane i medlemslanda i Atlanterhavsalliansen, møtest i dag i Istanbul for å fornye forpliktinga vår til kollektivt forsvar og for saman å drøfte NATOs svar på tryggingsutfordringane vi står overfor på byrjinga av 2000-talet.
NATO lekamleggjer den viktige partnarskapen mellom Europa og Nord-Amerika. Alliansen vår er grunna på prinsippa om demokrati, fridom for enkeltmennesket og rettstryggleik. Desse verdiane, rotfesta i prinsippa i FN-pakta og Washington-traktaten, ligg til grunn for den unike arten av det transatlantiske sambandet.
Vi feirar NATOs kritiske rolle når det gjeld å fremje spreiing av fridom i heile Europa. I dag ønskjer vi sju nye medlemer velkomne. Deltakinga deira på dette toppmøtet viser at vi framleis er forplikta til eit heilt, fritt og fredeleg Europa. Vi lovar på nytt at alliansen vår framleis er open for alle europeiske demokrati, utan omsyn til geografi, som er villige og i stand til å ta på seg ansvaret som følgjer med medlemskapen, dersom tilmeldinga vil betre den allmenne tryggleiken og stabiliteten i Europa.
Kollektivt forsvar er framleis det viktigaste føremålet for alliansen. Men trugsmåla som NATO står overfor, har endra seg vesentleg. Vi er framleis forplikta til å energisk ta tak i trugsmåla som alliansen vår står overfor, samtidig som vi tek omsyn til at dei kjem frå eit langt større område enn tidlegare. Dei omfattar terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Nord-Amerika og Europa står saman overfor desse trugsmåla. NATO kjempar mot terrorisme, styrkjer tryggleik og byggjer stabilitet i mange regionar i verda. No, som alltid, er einskap innanfor alliansen viktig, og prinsippet om at den allierte tryggleiken er udeleleg, er grunnleggjande. Vi er fastrådde på å effektivt ta tak i trugsmåla mot territoriet vårt, styrkane våre og folka våre, same kvar dei kjem frå.
Alliansen tilpassar seg for å kunne møte desse tryggingsutfordringane gjennom militære operasjonar og aktivitetar, samarbeid med partnarane og vidare omdanning av den militære kapasiteten.
I dag har vi godkjent ei større utviding av NATOs rolle i Afghanistan til støtte for dei afghanske styremaktene. Vi vil forplikte dei ressursane som trengst for at dette oppdraget skal bli vellukka.
NATO leier òg militære operasjonar på Balkan og i Middelhavet og støttar Polens leiing av den fleirnasjonale divisjonen i Irak. Vi har òg gjeve ei eiga erklæring om Irak.
Vedtaket om å avslutte NATOs ni år lange oppdrag i Bosnia-Hercegovina markerer at ein med oppdraget har lukkast med å gjere slutt på krigen og å tryggje freden i landet. Vi ønskjer velkome vedtaket som Den europeiske unionen har gjort om å setje i verk ein ny operasjon i Bosnia-Hercegovina, og ser fram til vidare samarbeid.
NATO held fram med å byggje nærare samarbeid om felles tryggingsspørsmål med Den europeiske unionen og med statar i Europa, mellom andre Russland, Ukraina og statane i Sentral-Asia og Kaukasus, og med statar i middelhavsområdet og det utvida Midtausten. I dag har vi gjort vedtak som tek sikte på å styrkje desse tilhøva ytterlegare for at vi skal kunne samarbeide effektivt om utfordringane på 2000-talet.
NATO er i ferd med å omdanne den militære kapasiteten sin for å tilpasse seg ein strategisk situasjon i endring. Den nye kommandostrukturen, NATO-reaksjonsstyrken og NATO-bataljonen til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen er i framgang. Saman gjev dei NATO mykje sterkare og raskare militær kapasitet. Men omdanning er ein prosess, ikkje ei hending. Vi er difor forplikta til vidare omdanning og til å styrkje NATOs operative kapasitet og framgangsmåtar ytterlegare slik at styrkane våre vert meir utplasserbare og nyttige. For dette føremålet oppmodar vi Generalsekretæren og Det faste nordatlantiske rådet til å gjere det som krevst for å sikre at omdanningsprosessen vert gjennomført fullt ut, og å rapportere til oss på neste NATO-toppmøte.
Atlanterhavsalliansen har konfrontert utfordringar og endringar i heile historia si, men har likevel alltid vist seg sterk i tilpassinga til nye situasjonar. Når vi no står overfor ein ny epoke med farar og voner, er NATO framleis vår vitale multilaterale bru over Atlanterhavet, som utfyller ei felles politisk tilnærming med sin militære kapasitet. Vi fornyar forpliktinga vår til å samrå, drøfte og handle saman som allierte. Vi er trygge på at NATO framleis vil vere det uunnverlege instrumentet til å forsvare fridomen og tryggleiken vår.