1 Erklæringar og sluttkommuniké frå toppmøte og ministermøte o.a.
1.1 KOMMUNIKÉ FRÅ UTANRIKSMINISTERMØTET I DET NORDATLANTISKE RÅDET, SINTRA, PORTUGAL, 29. MAI 1997
1. Vi møttest i Sintra i dag for å føre vidare den pågåande prosessen med intern og ekstern tilpassing av alliansen og å førebu dei viktige avgjerdene stats- og regjeringssjefane våre skal ta på toppmøtet i Madrid den 8. og 9. juli. Dette toppmøtet vil forme det nye NATO som grunnlaget for ein europeisk tryggingsstruktur basert på ekte samarbeid, som vil bli utvikla etter kvart som vi nærmar oss det 21. hundreåret. Solidariteten og det indre samhaldet som speglar seg i kjernefunksjonane til alliansen, mellom anna det felles engasjementet for kollektivt forsvar og ein sterk transatlantisk partnarskap, vil framleis vere ryggrada som sikrar at alliansen kan lukkast i dette arbeidet.
2. Vi er fast bestemte på løfte det politiske og militære samarbeidet med partnarane våre opp på eit kvalitativt nytt nivå ved å byggje vidare på dei gode resultata til Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) og Partnarskap for fred (PFP). Vi har difor vedteke å føreslå for partnarane våre at vi på møtet i NACC i morgon saman lanserer Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC), som vi har utarbeidd rammene for saman med partnarar dei siste månadene. Dei siste fem åra har NACC tent som eit nøkkelforum for å føre Europa saman. Som avløysar for NACC vil EAPC kombinere dei positive røynslene med NACC og PFP ved å fungere som overbygning for politiske og tryggingsrelaterte drøftingar og forbetra samarbeid innanfor PFP; grunnelementa i partnarskapen vil framleis vere gyldige. Vi ser fram til det første møtet med partnarane våre i EAPC i morgon.
Vi er tilfreds med den dynamiske og vellukka utviklinga av Partnarskap for fred med 27 partnarland. Partnarskapen har ført oss tettare saman i ei ny ånd av felles vilje til ansvar for tryggleiken i det euroatlantiske området, og har gjort at partnarane på kort tid og med godt resultat har fått høve til å delta i den breie koalisjonen for fred i Bosnia-Hercegovina. Vi har difor bestemt oss for å styrkje Partnarskap for fred vesentleg og å knyte stadig tettare og sterkare band av samarbeid med alle interesserte partnarland. Vi har i dag godkjent fleire nye tiltak for å styrkje det politiske samrådet med alliansen, gjere partnarane meir delaktige i avgjerdsprosessane og planlegginga til PFP og å gjere PFP meir operasjonelt. På denne måten kan partnarlanda kome nærare alliansen.
3. Vi gler oss særleg over at Grunnakta for gjensidig samkvem, samarbeid og tryggleik mellom NATO og Den russiske føderasjonen vart underteikna i Paris den 27. mai 1997 av stats- og regjeringssjefane våre og generalsekretær Solana saman med president Jeltsin. Dette er byrjinga på ein ny, sterk, stabil og varig partnarskap som vil vere livsviktig for tryggleiken i Europa. Vi forpliktar oss til å gjere Det permanente fellesrådet til eit forum for samråd og samarbeid til beste for stabiliteten i heile Europa. Arbeidet i rådet vil vere basert på innbyrdes samspel, innsynsrett og full respekt for interessene til andre statar. Vi rosar generalsekretæren og staben hans som har fått i stand ein slik historisk avtale for alliansen.
4. Vi er nøgde med at ein er godt i gang med førebuingane til vedtak på Madrid-toppmøtet om å invitere nye medlemer til alliansen. Vi merkte oss ein rapport frå generalsekretæren om utfallet av siste runda i den intensiverte dialogen med interesserte partnarland og om analysen av aktuelle faktorar i samband med opptak av nye medlemer, vidare om korleis strukturane i alliansen må tilpassast for å integrere nye medlemer, og om opplegg og tidsplan for tiltredingssamtalane. Med desse førebuingane vil det i vekene som kjem bli mogeleg å formulere dei omfattande tilrådingane som vi bad om sist vi møttest. Opptak av nye medlemer, som vil skape auka tryggleik for oss alle, inneber at alliansen må stille til disposisjon dei ressursane som ei utviding nødvendigvis vil krevje. Vi tilrår òg at stats- og regjeringssjefane våre uttrykkjeleg seier oss forplikta til å halde alliansen open for opptak av andre europeiske statar med evne og vilje til å fremje prinsippa i Washington-traktaten og å medverke til vår felles tryggleik. Vi tilrår såleis for stats- og regjeringssjefane våre at toppmøtet i Madrid fyller denne lovnaden med materielt innhald.
5. Vi ser med glede på at charteret for ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina vart parafert i dag, og ser fram til at det vert underteikna på toppmøtet i Madrid. Å sikre Ukrainas sjølvstende, territorielle integritet og suverenitet er avgjerande for stabiliteten og tryggleiken i Europa. Vi støttar Ukraina i den vidare utviklinga som demokratisk nasjon med marknadsøkonomi. Vi ser òg med glede på opninga av NATO-informasjonskontoret i Kiev tidlegare denne månaden, som er eit viktig steg i ei ytterlegare styrking av samkvemmet med Ukraina.
6. Vi legg stor vekt på tryggleik og stabilitet i Middelhavsregionen. Vi gler oss over utviklinga i dialogen mellom NATO og fleire land i regionen. Vi ynskjer å betre denne dialogen ytterlegare og gjere han meir politisk synleg som ein tillits- og samarbeidsfremjande prosess som er med på å auke stabiliteten. For å oppnå dette har vi i dag vedteke ei rekkje tiltak i samband med gjennomføring og eventuell utviding av denne dialogen. Vi har vedteke å tilrå for stats- og regjeringssjefane våre at det formelt vert oppretta ein ny komité som vert underlagd Rådet og får det overordna ansvaret for middelhavsdialogen.
7. Vi ser med glede på framgangen i den indre tilpassinga av alliansen, som har som grunnleggjande mål å sikre den militære effektiviteten, bevare det transatlantiske sambandet og å byggje den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen. Vi merkjer oss framgangen i langtidsstudien om utvikling av framtidig kommandostruktur for alliansen, strekar under at det er viktig å løyse uavklara spørsmål, og legg vekt på at vidare utvikling er ynskjeleg med sikte på å kunne leggje fram aktuelle tilrådingar til vedtak på Madrid-toppmøtet, slik at ein ny kommandostruktur kan fullførast i rett tid og med godt resultat. Vi merkjer oss tilfreds at det er gjort framgang i gjennomføringa av CJTF-konseptet (mobile og fleirnasjonale fleirbrukseiningar).
Vi ser med glede på den vesentlege framgangen som er oppnådd i utviklinga av ESDI innanfor alliansen. Vi har godkjent ein samla, førebels rapport, og gjev pålegg om vidare energisk arbeid med sikte på å leggje fram for møtet mellom stats- og regjeringssjefane våre i Madrid tilrådingar til vedtak som er nødvendige for å fullføre den indre tilpassinga av alliansen med godt resultat.
8. Vi ser med glede på at det nyleg vart oppnådd semje i VEU om at alle europeiske allierte som ynskjer det, skal kunne delta i VEU-operasjonar som gjer bruk av NATOs ressursar og kapasitetar og i planlegging og førebuing til slike operasjonar, og om at observatørar, i størst mogeleg omfang og i samsvar med sin status, skal kunne brukast i oppfølginga innanfor VEU av møta i Berlin og Brussel. Vi merkjer oss at grunnlaget såleis er lagt for gjennomføring av ministervedtak, for styrking av samarbeidstilhøvet mellom NATO og VEU, og, innanfor desse rammene, for utvikling av ESDI med full deltaking av alle europeiske allierte. Saman med vedtak som vart gjorde på møtet i ministerrådet i VEU i Paris den 13. mai 1997, vil dette vere med på å danne grunnlaget for eventuelle VEU-leia operasjonar med støtte i alliansen sine ressursar og kapasitetar.
9. Strategikonseptet for alliansen, som vart vedteke av stats- og regjeringssjefane våre på møtet i Roma i 1991, fastset dei viktigaste måla for alliansen. Alliansen erkjenner at det strategiske miljøet har endra seg sidan 1991, og har alt bestemt seg for å sjå nærare på strategikonseptet for å sikre at det fullt ut er i tråd med noverande situasjon og utfordringar når det gjeld tryggleiken i Europa. Vi rår stats- og regjeringssjefane våre til å stake ut den vidare kursen på toppmøtet i Madrid.
10. Vi rosar offiserane og soldatane i stabiliseringsstyrken (SFOR) i Bosnia-Hercegovina for den vellukka innsatsen dei gjer for freden i landet. Vi erkjenner at det er gjort viktige og påviselege framsteg i den samla innsatsen for å gjennomføre fredsavtalen sidan sist vi møttest. Det er fastsett tidspunkt for kommuneval, det sensitive Brcko-vedtaket er under gjennomføring, og det har skjedd ei positiv utvikling i opprettinga av felles institusjonar, tilbakesendinga av flyktningar og fordrivne personar og i den økonomiske atterreisinga. Vi er svært oppmuntra av det effektive samarbeidet mellom SFOR og Den høge representanten og internasjonale organisasjonar og organ. Likevel står viktige utfordringar att, og det kan ikkje tolererast at ikkje alle partar i fredsavtalen fullt ut handlar slik dei har forplikta seg til. Vi seier oss på nytt forplikta til full gjennomføring av fredsavtalen og uttrykkjer alvorleg uro over den manglande viljen hos styresmaktene i Bosnia-Hercegovina til å etterleve avtalen, og oppmodar dei sterkt til:
å opprette fungerande sentralinstitusjonar;
å sikre retten til fri ferdsle, fri kommunikasjon og pressefridom;
å respektere menneskerettane, rettsstatsprinsippa og retten for alle flyktningar og fordrivne personar til fritt å vende tilbake;
å samarbeide fullt ut med det internasjonale samfunnet om å førebu, halde og iverksetje kommunale val;
å samarbeide med Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia i Haag om å pågripe krigsforbrytarar og stille dei for retten;
å gjennomføre alle føresegnene i rustingskontrollavtalen;
å vedta og setje i verk dei økonomiske tiltak som trengst for at Bosnia-Hercegovina skal kunne fungere som ein samla stat; og
å utvikle demokratiske, omstrukturerte politistyrkar.
Vi følgjer framleis situasjonen i Bosnia-Hercegovina nøye, og ser fram til den halvårlege gjennomgangen av arbeidet til SFOR i juni. Vi ser òg fram til resultata av ministermøtet som skal haldast i morgon i styringsgruppa i rådet for gjennomføring av fredsavtalen.
11. Vi ser med glede på dei initiativa OSSE som samordnande instans for internasjonal bistand har teke i Albania, og på initiativa frå EU- og VEU-hald. Vi rosar den italiensk-leia fleirnasjonale vernestyrken med deltaking av fleire allierte og partnarar, som medverkar til å skape eit trygt klima for desse initiativa til gjenoppretting av ro og orden i landet. Vala som skal haldast den 29. juni 1997, er eit vesentleg steg på vegen mot nasjonal forsoning, og vi ber alle partar gå inn i ein konstruktiv dialog om framtidige demokratiske reformer i Albania.
12. Vi ser med glede på at flankeavtalen til CFE trådde i kraft den 15. mai 1997. Dette strekar under at alle avtalepartane er forplikta med omsyn bevaring av den regionale stabiliteten som føresegnene i flankeavtalen sikrar på lang sikt gjennom ein tilpassa avtale. Vi merkjer oss framgangen i arbeidet med ein rammeavtale om CFE-tilpassing, og ser fram til at denne oppgåva vert fullført snarast råd. For å oppnå dette føreslo vi i Wien i februar 1997 ein revidert avtalestruktur med nasjonale og territorielle tak saman med andre tiltak for å styrkje stabiliteten og tryggleiken i Europa, både under eitt og regionalt. Vi strekar under at alle medlemer i alliansen er forplikta til prosessen med å tilpasse CFE-avtalen til eit tryggingsmiljø i endring, ein prosess som skulle auke tryggleiken for alle avtalepartane og sikre at avtalen kan tene som ein hjørnestein i det europeiske tryggingsarbeidet i tiåra som kjem.
13. Vi merkte oss med glede framdriftsrapporten frå Felleskomiteen for spreiingsspørsmål (JCP) om aktivitetane til Senior politisk-militær gruppe for spreiingsspørsmål og Seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål. Vi merkjer oss retningslinene for militære operasjonar i miljø med ABC-våpen som Seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål har utarbeidd. Vi pålegg JCP å halde fram med sitt viktige arbeid. Vi stadfester at desse politiske og forsvarsmessige tiltaka mot spreiing framleis står som ein integrert del av tilpassinga av til den nye tryggingssituasjonen, og ser med glede på vidare samråd og samarbeid med partnarland for å vere rusta mot dei risikoane for den felles tryggleiken som spreiing av slike våpen medfører.
14. Vi gler oss over at presidentane Jeltsin og Clinton i Helsinki vart einige om å redusere talet på strategiske atomstridshovud til 2000-2500 i ein START III-avtale. Vi oppmodar Den russiske føderasjonen sterkt om å ratifisere START II snarast slik at forhandlingar om START III kan komme i gang.
15. Vi gler oss over at Konvensjon om kjemiske våpen har trådd i kraft, og går sterkt inn for at konvensjonen vert fullstendig og effektivt iverksett. Vi oppmodar alle statar som enno ikkje har underteikna og ratifisert konvensjonen om å gjere dette snarast råd.
16. Vi rettar ei varm takk til regjeringa i Portugal som har vore vertskap for dette møtet.
1.2 KOMMUNIKÉ FRÅ FORSVARSMINISTERMØTET I DET NORDATLANTISKE RÅDET, BRUSSEL, 12. JUNI 1997
1. Det nordatlantiske rådet møttest ved forsvarsministrane i Brussel den 12. juni 1997.
2. Om rundt fire veker møtest stats- og regjeringssjefane våre i Madrid for å ta viktige avgjerder som er nødvendige for å forme eit nytt NATO som kan møte utfordringane i det neste hundreåret. På forsvarsområdet vil vedtaka på toppmøtet sikre alliansen si evne til å ta hand om risikoane og sjansane som ligg framfor oss. Vi vil ta vare på solidariteten og samhaldet i alliansen som er nedfelt i kjernefunksjonane, mellom anna plikta til kollektivt forsvar; vi vil bevare og styrkje den uunnverlege tilknytinga mellom europeiske og nordamerikanske allierte, og på same tid byggje den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen, som vil gjere det mogeleg for dei europeiske allierte å ta på seg større ansvar for å nå våre felles mål. Vi støttar fullt opp om dei avgjerdene alliansen tek for å gjere samkvemmet med partnarane endå betre, og som forsvarsministrar vil vi gjere alt som fell på oss for å setje desse avgjerdene ut i livet og for å førebu nasjonar som vert inviterte til å gå inn i alliansen på dei roller og plikter dei tek på seg som framtidige medlemmer.
3. Vi såg med glede på framgangen i arbeidet med indre tilpassing av NATO. Dei siste månadene har dette arbeidet vore konsentrert om tre hovudområde: utviklinga av ein ny kommandostruktur for alliansen, gjennomføringa av CJTF-konseptet (mobile og fleirnasjonale fleirbrukseiningar) og utviklinga av ESDI innanfor NATO.
4. Vi tok føre oss framgangen i utviklinga av den framtidige kommandostrukturen, som vil gjere NATO i stand til å utføre alle sine oppdrag meir effektivt og fleksibelt. Vi streka under at det er viktig å finne løysingar på uavklara spørsmål, og at vidare utvikling er ynskjeleg med sikte på å einast om aktuelle tilrådingar til vedtak som kan leggjast fram for toppmøtet i Madrid, slik at ein ny kommandostruktur kan gjerast ferdig i rett tid og med godt resultat. Som ein del av utviklinga av ESDI bør det også heretter takast omsyn til behovet for europeiske kommandoordningar med basis i samla men delelege kapasitetar når den framtidige strukturen vert utarbeidd.
5. Gjennomføringa av CJTF-konseptet (mobile og fleirnasjonale fleirbrukseiningar) vil gje rom for større operativ fleksibilitet. Dette konseptet vil gje alliansen større evne til kommandere og leie fleirnasjonale fleirbrukseiningar, som kan utplasserast på kort varsel og ta hand om eit breitt spekter av operasjonar som fell utanfor artikkel 5, og i tillegg gjere det enklare å engasjere nasjonar utanfor alliansen. Bruk av CJTF i artikkel 5-operasjonar vert ikkje utelukka. Dei vil òg utgjere eit viktig instrument for å utvikle ESDI innanfor alliansen.
6. Vi såg difor med glede på den jamne framgangen i gjennomføringa av CJTF-konseptet på grunnlag av det avtala Politisk-militære ramme- og gjennomføringsdirektivet. Vi ser fram til resultata av den første prøven med CJTF som skal haldast seinare i år. Som ein del av ein utviklingsprosess vil denne og seinare prøvar, saman med ei vidare utvikling av konseptet, danne det nødvendige grunnlaget for å gå vidare i prosessen med gjennomføring av CJTF. På dette grunnlaget, og så snart det let seg gjere i ei framtidig øving, bør det gjennomførast ein CJTF-operasjon leia av VEU der alliansen sine ressursar og kapasitetar vert kalla inn og dei europeiske kommandoordningane vert tekne i bruk.
7. I Berlin og Brussel i fjor gjorde ministrane viktige vedtak for å utvikle ESDI innanfor alliansen. Vi var tilfreds over å merkje oss framgangen som er gjort i gjennomføringa av desse vedtaka, i tråd med mellom anna prinsippet om samla men delelege ressursar:
vedtaka i Det permanente rådet om europeiske kommandoordningar innanfor NATO som gjer det mogeleg å førebu, støtte, kommandere og gjennomføre VEU-leia operasjonar;
vedtaka i Det permanente rådet med omsyn til ordningane for å peike ut ressursar og kapasitetar i NATO til bruk i VEU-leia operasjonar;
førebels godkjenning av dei ESDI-tilknytte elementa i mandatet til DSACEUR, som, idet det vert teke omsyn til den strategiske samordningsfunksjonen han har, vil gje han permanente oppgåver både i fredstid og under kriser og operasjonar;
framgangen i utviklinga av ordningar for frigjeving, overvaking og tilbakelevering eller tilbakekalling av alliansen sine ressursar og kapasitetar;
vedtaka i Det permanente rådet om å forbetre ordningane for konsultasjon og informasjonsutveksling med VEU innanfor rammene av Tryggingsavtalen mellom NATO og VEU, og om å arbeide vidare i denne samanhengen med eit eventuelt behov for å supplere informasjonsdelingsordningane for gjennomføring av VEU-leia operasjonar, mellom anna med deling av etterretningsdata;
framgangen i arbeidet med planlegging og gjennomføring av øvingar innretta på VEU-operasjonar på grunnlag av illustrerande profilar for VEU-oppdrag.
8. Vi godkjende òg resultata av den gjennomgangen av forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen som vi bad om på møtet i juni 1996. Ein enkel, samanhengande og straumlinjeforma prosess er no på plass, og vil sikre at NATO held fram med å utvikle dei styrkar og kapasitetar det treng for å utføre heile spekteret av allianseoppdrag, også støtte til VEU-leia operasjonar, og at det i denne samanhengen er i stand til innanfor alliansen å støtte alle europeiske allierte i planlegging for utføring av VEU-leia operasjonar. Vi såg med glede på at VEU hadde teke imot invitasjonen frå alliansen om å medverke til Ministerrettleiinga.
9. Opprettinga av ESDI innanfor alliansen har hatt stor nytte av semja som nyleg vart oppnådd innanfor VEU om høve for alle europeiske allierte som ynskjer det til å delta i VEU-leia operasjonar der NATO sine ressursar og kapasitetar vert brukte, og i planlegging og førebuing av slike operasjonar. Vi stiller oss heilt og fullt bak fråsegna som utanriksministrane i alliansen gav om dette i Sintra. Vi merkte oss òg vedtaket til VEU-ministrane i Paris om å opprette ein militærkomité.
10. Vi gav Det permanente rådet pålegg om å arbeide energisk vidare med tanke på å leggje fram for stats- og regjeringssjefane våre i Madrid tilrådingar til vedtak som er nødvendige for ei vellukka fullføring av den indre tilpassinga av alliansen.
11. Vi støttar fullt ut vedtaket i alliansen om å sjå nøye på strategikonseptet for å sikre at det er fullt i samsvar med den nye tryggingssituasjonen i Europa og dei utfordringane som følgjer av denne, og likeins tilrådinga frå utanriksministrane til stats- og regjeringssjefane om å stake ut den vidare kursen på møtet i Madrid.
12. Vi støttar òg fullt ut vedtaket til utanriksministrane i Sintra om å lansere Det euroatlantiske partnarskapsrådet for å løfte det politiske og militære samarbeidet med partnarane våre opp på eit kvalitativt nytt nivå, med eit vesentleg forbetra PFP-program som eit klart identifiserbart element innanfor denne fleksible ramma. Vi ser fram til det første møtet i EAPC på forsvarsministernivå i morgon.
13. I denne samanhengen vil vi gå vidare i å styrkje det politiske og militære samarbeidet, også ved å involvere partnarar i planlegging og utføring av PFP sine aktivitetar, øvingar og operasjonar, mellom anna gjennom:
auka engasjement av partnarar i politisk rettleiing og tilsyn med framtidige NATO-leia PFP-operasjonar som dei medverkar til;
utarbeiding av ei politisk-militær ramme for NATO-leia PFP-operasjonar som kan setje partnarar i stand til å delta så tett som det praktisk let seg gjere i planlegging og utføring av PFP-aktivitetar;
forbetra partnardeltaking i avgjerdsprosessen for programspørsmål i samband med PFP;
oppretting av PFP-stabselement ved ulike NATO-hovudkvarter på grunnlag av eit konsept som vil bli utarbeidd av dei militære NATO-styresmaktene (NMA) innan utgangen av oktober 1997, og som vil omfatte nærare vilkår, ressurs- og tryggingsimplikasjonar og ein tidsplan;
å gjere permanente militære stabsstillingar i Planleggingscella for partnarskapen tilgjengelege for partnarar;
utviding av planleggings- og gjennomgangsprosessen for å gjere han meir lik styrkeplanleggingssystemet i NATO, mellom anna ved å innføre ei ministerrettleiing annakvart år og partnarskapsmål som kan gå vidare enn interoperabilitetskrava for partnarar som ynskjer det;
å gje auka rom for regionale samarbeidsaktivitetar i samanheng med partnarskapen, både når det gjeld konsultasjonar om regionale tryggingsspørsmål og praktisk samarbeid.
Vi har gjeve Det permanente rådet i oppgåve å gå i gang med gjennomføringa av dei avtala PFP-forbetringane omgåande, og å leggje fram ein ny rapport til det neste møtet vårt i desember.
14. Det er òg venta at toppmøtet vil føre utvidingsprosessen framover ved å sende ut invitasjonar om å gå inn i tiltredingsforhandlingar. Vi såg med glede på at førebuingane til desse vedtaka er godt i gang, mellom anna i form av ein analyse av aktuelle faktorar i samband med opptak av nye medlemer. Opptak av nye medlemer, som vil gje oss alle auka tryggleik, inneber at alliansen må stille til disposisjon dei ressursane utvidinga nødvendigvis vil krevje. Vi sluttar oss til utanriksministrane i alliansen og tilrår overfor stats- og regjeringssjefane våre at alliansen framleis stiller seg open for opptak av andre europeiske statar med vilje og evne til å fremje prinsippa i Washington-traktaten og å bidra til vår felles tryggleik.
15. Som forsvarsministrar vil vi gjere vårt for å førebu inviterte nasjonar på dei roller og plikter dei vil få som framtidige medlemer i alliansen. PFP vil i størst mogeleg omfang spele ei svært viktig rolle i denne prosessen. I tillegg har vi avtala at det i samråd med aktuelle nye medlemer etter Madrid, ved hjelp av aktuelle verktøy frå styrkeplanleggingsprosessen i NATO, skal utarbeidast planleggingsmål for det bidraget dei tenkjer seg å yte, med sikte på å ha slike mål klare for vurdering innan våren 1998.
16. Når det gjeld planane for noverande medlemer, minte vi om allianseerklæringa av 14. mars 1997 om at alliansen, slik tryggingssituasjonen er i dag og så langt vi kan sjå, vil utføre sine oppdrag innan kollektivt forsvar og andre oppgåver ved å sikre nødvendig interoperabilitet, integrasjon og evne til forsterking i staden for ytterlegare permanent stasjonering av større kampstyrkar. Det vil vere viktig å sikre at dei militære kapasitetane til medlemene i alliansen oppfyller dei behova som følgjer av denne einsidige erklæringa, som fullt ut er i tråd med strategikonseptet for alliansen, der det vert mana til auka fleksibilitet og mobilitet.
17. Vi gav pålegg om at forsvarsplanleggjarane i NATO som ein del av oppfølginga av toppmøtet skal utføre ei grundig evaluering av korleis NATO sine styrkeplanar og forsvarsbehov vert påverka av utvidinga, på den føresetnad at dei inviterte vert medlemer og deltek for fullt i det kollektive forsvaret i alliansen. Idet det vert teke omsyn til dette arbeidet, bør det utførast ein spesifikk, konkret analyse av ressursimplikasjonane av ei utviding. Resultata av dette arbeidet vil bli rapporterte til oss på vårt neste møte i desember 1997.
18. Vi sa oss på nytt forplikta til ein sterk, stabil og varig partnarskap med Den russiske føderasjonen, eit heilt nødvendig bidrag til tryggleiken i Europa. Vi såg difor med glede på underteikninga av Grunnakta om gjensidig samkvem, samarbeid og tryggleik mellom NATO og Den russiske føderasjonen i Paris den 27. mai. Det er vårt sterke ynske å medverke på gjensidig grunnlag til gjennomføringa av dei militære sidene ved konsultasjonane og samarbeidet mellom NATO og Russland som vil komme, og til gjennomføringa av dei politisk-militære elementa i Grunnakta.
19. Vi vil gjere vårt til å utvikle samkvemmet mellom alliansen og Ukraina, og erkjenner at sjølvstende, territoriell integritet og suverenitet for dette landet er ein avgjerande faktor for stabiliteten og tryggleiken i Europa. Vi såg med glede på charteret om ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina som vart parafert på utanriksministermøtet i Sintra og som vil bli underteikna i Madrid.
20. Vi uttrykte òg støtte til ei styrking av dialogen mellom NATO og ei rekkje land i Middelhavsregionen. Vi såg med glede på dei tiltaka som vart avtala mellom forsvarsministrane på møtet i Sintra med sikte på tillitbygging og samarbeid som medverkar til stabilitet. Vi gjekk òg saman med dei om å tilrå at det vert oppretta ein ny rådskomité for middelhavsdialogen.
21. Vi sa oss på nytt forplikta til å motverke spreiingsrisikoane, som ein naturleg del av det pågåande arbeidet med å tilpasse alliansen til det nye tryggingsmiljøet. I denne samanhengen merkte vi oss "Tilrådingar om mogelege politiske og/eller diplomatiske initiativ med sikte på å hindre eller reversere spreiing" frå Senior politisk-militær gruppe for spreiingsspørsmål. Sjølv om førebygging framleis er hovudmålet vårt, erkjenner vi at spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmiddel for desse, som i dag utgjer risikoar for alliansen, framleis vil kunne skje trass i det førebyggjande arbeidet vi gjer og kan bli ein direkte militær trussel mot alliansen. Vi såg difor med glede på at det i forsvarsplanlegginga i alliansen no vert lagt auka vekt på dei kapasitetar og konsept som trengst til avskrekking mot og om nødvendig som reaksjon på bruk av ABC-våpen, med særleg vekt på auka vern for utplasserte styrkar i eller utanfor NATO-periferien og betra vern mot biologiske våpen. Vi slutta oss til dei retningslinene for militære operasjonar i ABC-miljø som Seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål har utarbeidd, og som når dei vert iverksette, vil medverke effektivt til å gje NATO auka politisk og operativ fleksibilitet og færre sårbare punkt, og setje NATO i stand til å utføre nødvendige oppdrag også der det finst, vert truga med eller brukt ABC-våpen.
22. Vi såg med glede på at flankeavtalen til CFE trådde i kraft 15. mai 1997. Med dette forpliktar alle avtalepartane seg også til å oppretthalde den regionale stabiliteten som føresegnene i flankeavtalen sikrar på lang sikt i ein tilpassa traktat. Vi merkte oss framgangen i arbeidet for ein rammeavtale om CFE-tilpassing, og ser fram til at denne oppgåva vert fullført snarast råd på grunnlag av forslaget som vart lagt fram i Wien i februar 1997 om ein revidert traktatstruktur med nasjonale og regionale tak, saman med andre tiltak for å styrkje stabiliteten og tryggleiken i Europa, både under eitt og regionalt. Til liks med utanriksministrane i alliansen strekar vi under at alle alliansemedlemene er forplikta til prosessen med å tilpasse CFE-avtalen til eit tryggingsmiljø i endring. Dette vil auke tryggleiken for alle avtalepartane og sikre at traktaten framleis kan tene som hjørnestein i den europeiske tryggingsstrukturen i tiåra som kjem.
23. Vi såg med glede på at presidentane Clinton og Jeltsin i Helsinki vart samde om å redusere talet på strategiske atomstridshovud til eit nivå på 2000-2500 i ein START III-avtale. Vi ber Den russiske føderasjonen innstendig om å ratifisere START II omgåande, slik at forhandlingar om START III kan ta til.
24. Vi såg med glede på at Konvensjonen om kjemiske våpen trådde i kraft den 29. april 1997. Frå og med denne datoen gjeld eit fullstendig, globalt og verifiserbart forbod mot kjemiske våpen som vil auke tryggleiken både for dei allierte og verda elles. Vi ber alle statar som enno ikkje har underteikna og ratifisert konvensjonen om å gjere dette snarast råd.
25. SACEUR orienterte om det første tenestehalvåret til den NATO-leia stabiliseringsstyrken (SFOR) i Bosnia-Hercegovina. Vi rosa SFOR og dei kvinnene og mennene som gjer teneste i styrken, mellom anna frå dei 20 deltakarlanda utanfor NATO, som sikra at ein effektiv styrke kunne opprettast på kort tid, på grunnlag av dei vellukka resultata til IFOR-styrken i fjor, for å vidareføre arbeidet med å handheve dei militære sidene ved fredsavtalen på ein fast og rettferdig måte. Vi uttrykte djup medkjensle med familiane til SFOR-deltakarar som har mist livet og med dei som er blitt skadde i fredstenesta. Vi merkte oss at SFOR-operasjonen etter planen skal gjennomførast i fleire fasar over eit tidsrom på 18 månader, og at styrkenivåa vil bli vurderte etter 6 og 12 månader med sikte på å flytte hovudvekta frå stabilisering til avskrekking og å fullføre det noverande SFOR-oppdraget innan juni 1998. Det permanente nordatlantiske rådet vil i nær framtid gjennomføre den første halvårsvurderinga av SFOR-operasjonane i samråd med deltakarlanda utanfor NATO. SFOR har halde fram med å inndra og øydeleggje ulovlege våpen, og har gjeve hærane i dei to delane av Bosnia-Hercegovina pålegg om å minske talet på lagringsstader for våpen og å trappe opp mineryddingsarbeidet. SFOR samarbeider òg med den bosniske regjeringa om å opne fleire lufthamner for sivil trafikk og å fjerne alle hindringar for fri ferdsle. Vi ser med glede på vedtaket om å opprette ein fast komité for militære spørsmål slik fredsavtalen legg opp til, og ventar at denne snart vil vere i fullt arbeid med å skape større innsyn, byggje tillit og oppmuntre til samordning mellom hærane i dei to delane av landet. Vi gledde oss òg over at NATO-skulen i Oberammergau med det første skal halde eit tovekerskurs i internasjonalt tryggingsarbeid for militært og sivilt bosnisk forsvarsplanleggingspersonell frå begge delane av landet og alle tre partane.
26. SFOR er med på å skape eit trygt miljø for ei samla gjennomføring av fredsavtalen, og yter dessutan selektiv støtte i vesentleg omfang til Den høge representanten, FNs internasjonale politistyrke, Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia, FNs høgkommissær for flyktningar, OSSE og andre involverte internasjonale organisasjonar. I samband med dette yter SFOR vesentleg støtte til OSSE i førebuinga og gjennomføringa av kommunevala i september. Vi merkte oss at partane i fredsavtalen framleis generelt etterlever dei militære føresegnene i avtalen. Likevel uttrykte vi djup uro over at gjennomføringa av fredsavtalen framleis er mangelfull. Vi sluttar oss fullt ut til erklæringa etter ministermøtet i styringsgruppa for Fredsgjennomføringsrådet i Sintra den 30. mai, der alle partane vart oppmoda om å oppfylle avtalen fullt ut og utan opphald. Vi oppmodar partane sterkt til å gjere som dei er forplikta til for å oppnå vidare framgang på område som oppretting av eit effektivt og respektert system for lov og orden, snarleg og fritt høve for flyktningar og fordrivne personar til å vende heim, førebuing av kommunevala i september og full gjennomføring av føresegnene om rustingskontroll. Vi manar styresmaktene i Bosnia-Hercegovina sterkt til å samarbeide med Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia i Haag om å pågripe krigsforbrytarar og stille dei for retten.
27. Vi merkte oss at general George Joulwan med det første går av som øverstkommanderande for dei allierte styrkane i Europa, og takka han djupt for framifrå leiarskap, særleg i samband med IFOR og no SFOR. Med sin profesjonalitet og sitt personlege engasjement for fredssaka har han vore eit føredøme for alle som har delteke i den fleirnasjonale innsatsen i Bosnia-Hercegovina. Vi ynskjer han alt godt ved slutten på ei lang og særmerkt karriere i sitt land og alliansen si teneste.
28. Vi set òg pris på den vedvarande innsatsen til dei nasjonane som deltek i FNs transnasjonale administrasjon for Aust-Slavonia (UNTAES) og i anna arbeid for å fremje fred og stabilitet i det tidlegare Jugoslavia.
29. Vi såg med glede på den svært positive rolla til den italiensk-leia fleirnasjonale vernestyrken, der fleire allierte og partnarar deltek i arbeidet med å stabilisere den innanlandske situasjonen i Albania og dermed hjelpe til med å skape det trygge miljøet som trengst for å gjenopprette fred og stabilitet. Vi set pris på initiativa frå OSSE som samordnande instans for internasjonal bistand i dette landet, saman med dei viktige bidraga EU og VEU gjer.
30. Effektivt materiellsamarbeid i NATO er viktig for å kunne oppfylle det utvida spekteret av oppgåver og oppdrag alliansen skal utføre, styrkje dei militære evnene til alliansen og halde ved lag eit sterkt transatlantisk samband. Vi merkte oss difor med interesse to rapportar framlagde av Konferansen av materiellavdelingssjefane i dei nasjonale forsvarsdepartementa, der den første er ein årleg gjennomgang av verksemda, mens den andre fokuserer spesielt på alternative program for alliansen når det gjeld å føre eit lagdelt forsvar mot ballistiske kortdistanserakettar (TBM). I samanheng med den pågåande omdanninga av NATO støttar vi sterkt opp om den breie gjennomgangen av materiellsituasjonen som materiellavdelingssjefane har sett i gang, og som vil innebere ei grunnleggjande revurdering av alliansen si rolle på materiellområdet. Vi ser særleg fram til det vidare arbeidet med å finne ein innfallsvinkel for å få etablert ein utvida integrert luftforsvarskapasitet, og til eit vedtak materiellavdelingssjefane skal gjere seinare i år om vegen vidare for å realisere ein bakkeovervakingskapasitet.
31. Vi er fast bestemte på syte for at styrkane våre i også framtida har tilstrekkeleg bemanning, utstyr og opplæring, og på å skaffe dei ressursane som trengst til dette. Samfinansierte militære program, som også heretter vil vere avhengige av prioriterings- og ressurstildelingsprosessen i alliansen, er framleis ei viktig side ved samarbeidet mellom alliansemedlemene. Desse programma vil spele ei viktig rolle i integreringsprosessen for potensielle nye medlemer og vere til støtte for tilpassinga av NATO. Sett på bakgrunn av dei nye initiativa NATO har teke på seg, er vi bestemte på å skaffe dei nødvendige ressursane for å oppretthalde evna til å utføre alliansen sine oppdrag i full breidde.
1.3 KOMMUNIKÉ FRÅ MINISTERMØTA I FORSVARSPLANLEGGINGSKOMITEEN OG DEN KJERNEFYSISKE PLANLEGGINGSGRUPPA, BRUSSEL, 12. JUNI 1997
1. Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Atlanterhavspakta sin Organisasjon var samla til ministermøte i Brussel den 12. juni 1997.
2. Vi ser fram til det føreståande toppmøtet i Det nordatlantiske rådet i Madrid den 8. og 9. juli 1997. Toppmøtet vil føre vidare alle sider ved tilpassinga av NATO. Dei militære strukturane og forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen vil framleis ha viktige roller å spele i det nye NATO som står fram etter den omfattande omforminga.
3. Vi stadfester at kollektiv forsvarsplanlegging er krumtappen for samhald og militær effektivitet i alliansen. Vi ser difor med glede på resultata etter gjennomgangen av forsvarsplanleggingprosessen i alliansen. Dei nye prosedyrane vil sikre ein samla, samanhengande planleggingsprosess som kan utvikle dei styrkane og evnene som trengst for å utføre alle alliansen sine oppdrag, også VEU-leia operasjonar. Forsvarsplanlegginga vil òg ta omsyn til behov som skriv seg frå det intensiverte samkvemmet med partnarane våre.
4. Vi godkjende Ministerrettleiing 1997, som analyserer implikasjonane av det noverande strategiske miljøet, tek føre seg trendar i den politiske, militære og økonomiske utviklinga og kva verknader desse har for dei militære kapasitetane til alliansen, og gjev politisk rettleiing for forsvarsplanleggingsaktivitetar i NATO, både nasjonalt og kollektivt, for tidsrommet fram til 2004 og seinare, mellom anna utviklinga av NATO-styrkemål for 1998. Vår rettleiing speglar den auka kompleksiteten i all forsvarsplanlegging, som må ta omsyn til behov innanfor heile spekteret av oppdrag som alliansen tek på seg. Dette går mellom anna ut på å oppretthalde ei effektiv evne til å utføre kjernefunksjonen kollektivt forsvar, noko som underbyggjer det bidraget NATO er i stand til å yte til stabilitet og tryggleik i det euroatlantiske området. Det femner òg om evna til å gjennomføre fredsstøtteoperasjonar. Den vellukka gjennomføringa av dei militære sidene ved fredsavtalen for Bosnia-Hercegovina ved hjelp av den NATO-leia stabiliseringsstyrken er eit slåande døme på denne evna. Vi har gjeve styrkeplanleggjarane i oppdrag å sjå på om det kan skaffast eit klarare oversyn over tilgangen på styrkar og kapasitetar som trengst til slike oppdrag. Som ein del av sitt samla oppdragsspekter og av oppbygginga av ESDI innanfor alliansen, er NATO også parat til å støtte VEU-leia operasjonar. For første gong inneheld ministerrettleiinga eit bidrag frå VEU.
5. Som ein del av ministerrettleiinga gav vi rettleiing om kva ressursar som trengst for å setje militærstyresmaktene våre i stand til å utarbeide styrkeplanar innanfor ei realistisk finansiell ramme og å gje råd til nasjonar om kva finansiell innsats som krevst for å ta på seg heile oppdragsspekteret i alliansen. Vi var samde om behovet for å sikre dei ressursane som må til for å yte eit effektivt militært bidrag til heile spekteret av roller og oppdrag som NATO skal fylle, særleg innanfor forsterkingskapasitetar, og å halde fram med å sikre ei rimeleg deling av forsvarsbyrdene. Vi la òg spesiell vekt på investeringar i utstyr med prioritet på område der det er påvist manglar, særleg mobilitet, fleksibilitet og berekraft som trengst for å utføre alle oppdraga til alliansen.
6. Intensiveringa av den allierte forsvarsinnsatsen for å møte dei risikoane som kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmidla for slike våpen representerer, er ein integrert del av tilpassinga av alliansen til det nye tryggingsmiljøet. Forsvarsplanlegginga i alliansen må ta omsyn til potensiell bruk eller trussel om bruk av ABC-våpen i framtidige situasjonar der spreiarland er involverte. Som ein del av ministerrettleiinga gav vi rettleiing om kva kapasitetar som trengst til avskrekking, og om nødvendig som reaksjon på bruk av slike våpen. Vi var samde om at desse kapasitetane var eitt av nøkkelområda for den meir langsiktige planlegginga, og at desse kapasitetane måtte få høg prioritet i styrkeforslaga for 1998.
7. Vi såg med glede på orienteringa frå forsvarsminister Cohen i USA om den fireårige forsvarsgjennomgangen som nyleg er utført, og spesielt på USA sitt sterke engasjement for NATO, mellom anna det vidare nærværet av amerikanske styrkar i Europa og vektlegginga av styrkemodernisering, som vil styrkje alliansen sine evner i stor grad.
8. Vi gler oss over underteikninga av Grunnakta, og ser fram til å utveksle synspunkt på kjernevåpenspørsmål med Russland innanfor dei rammene akta fastset, mellom anna på doktrine og strategi, og til å drøfte spørsmål som gjeld atomtryggleik. Vi er overtydde om at slike meiningsutvekslingar kan vere med på å gje auka innsyn og byggje gjensidig tillit mellom NATO og Russland. Fråsegna frå president Jeltsin i Paris den 27. mai om at Russland ikkje lenger vil ha NATO-land som mål, vil vere med på å skape ein slik gjensidig tillit.
9. Vi ser òg med glede på semja som vart oppnådd mellom presidentane Clinton og Jeltsin i Helsinki om å redusere talet på kjernefysiske stridshovud til eit nivå på 2000-2500 i ein START-III-avtale. På same tid oppmodar vi Den russiske føderasjonen om å ratifisere START II-avtalen omgåande, slik at forhandlingane om START III kan ta til snart.
10. Vi legg stor vekt på gjennomgangsprosessen for NPT, og ser med glede på utfallet av drøftingane i den førebuande komiteen som var samla i New York 7. - 18. april. Vi oppmuntrar alle statar til å underteikne og ratifisere Avtalen om fullstendig prøvestans (CTBC) snarast råd, slik at CTBT kan tre i kraft. Vi støttar ei snarleg igangsetjing av forhandlingar om ein avtale om forbod mot levering av spaltbart materiale.
11. Vi tek opp att at alliansen sine kjernefysiske styrkar ikkje er sikta inn på noko land og stadfester at dei kjernefysiske styrkane til alliansen har eit grunnleggjande politisk føremål: å verne om freden og å hindre tvang. I lys av endringane i tryggingsmiljøet er desse styrkane monaleg reduserte i tal. Russland har framleis eit stort tal taktiske kjernevåpen av alle typar. Vi ber på nytt Russland fullføre den nedskjeringa i talet på taktiske våpen som dei kunngjorde i 1991 og 1992, og å halde fram med å vurdere sine lager av taktiske kjernevåpen med sikte på fleire større reduksjonar.
1.4 TOPPMØTET I MADRID 8. JULI 1997. MADRID-ERKLÆRINGA OM EURO-ATLANTISK TRYGGLEIK OG SAMARBEID
1. Vi, stats- og regjeringssjefane for medlemsstatane i Den nordatlantiske alliansen, har møtt kvarandre i Madrid for å forme det nye NATO på vegen mot det 21. hundreåret. Det er oppnådd god framgang i den indre tilpassinga av alliansen. Som eit viktig steg i den gradvise prosessen med å opne alliansen har vi invitert tre land til å innleie tiltredingssamtalar. Vi har styrkt tilhøvet vårt til partnarane vesentleg gjennom det nye Euro-atlantiske partnarskapsrådet og ved å forbetre Partnarskap for fred. Underteikninga av Grunnakta mellom NATO og Russland den 27. mai og charteret vi vil underteikne med Ukraina i morgon, vitnar om at vi er forplikta til eit udelt Europa. Vi er òg i ferd med å forbetre dialogen i Middelhavsområdet. Målet vårt er å forsterke freden og stabiliteten i det euroatlantiske området.
Eit nytt Europa er i emning, eit Europa prega av større integrasjon og samarbeid. Ein inkluderande europeisk tryggingsarkitektur er under utvikling med bidrag frå oss og andre europeiske organisasjonar. Alliansen vil framleis vere ei drivkraft i denne prosessen.
2. Vi er på veg til å realisere visjonen om ei rettferdig og varig fredsordning for heile Europa, basert på menneskerettar, fridom og demokrati. Idet vi ser fram til 50-årsjubileet for Traktaten for det nordatlantiske området, seier vi oss på nytt forplikta til ein sterk, dynamisk partnarskap mellom dei europeiske og nordamerikanske allierte, som har vore og framleis vil vere grunnfjellet som alliansen og eit fritt og framgangsrikt Europa kviler på. Vitaliteten i den transatlantiske tilknytinga vil nyte godt av utviklinga av ein ekte, balansert partnarskap der Europa tek på seg større ansvar. I denne ånda byggjer vi ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet innanfor NATO. Alliansen og Den europeiske unionen har felles strategiske interesser. Vi ser med glede på dei avtalane som Det europeiske rådet kom fram til i Amsterdam. NATO vil framleis vere det sentrale forumet der medlemene kan rådføre seg med kvarandre og komme til semje om politiske spørsmål som gjeld dei allierte sine tryggings- og forsvarsmessige plikter etter Washington-traktaten.
3. Vi held fast ved det kollektive forsvaret som ein kjernefunksjon for alliansen, men har samstundes tilpassa dei politiske og militære strukturane våre for å vere betre i stand til å møte dei nye utfordringane som ligg i handtering av regionale kriser og konfliktar. Den vedvarande innsatsen NATO gjer for freden i Bosnia-Hercegovina, og det eineståande samarbeidet med andre land og internasjonale organisasjonar der, er uttrykk for den samarbeidsinnstillinga som er nøkkelen til å sikre tryggleiken for oss alle. Eit nytt NATO veks fram: eit nytt NATO for eit nytt og udelt Europa.
4. Tryggleiken til NATO-medlemene er uløyseleg knytt til tryggleiken i heile Europa. Å skape eit betre miljø for tryggleik og stabilitet i land i det euroatlantiske området der freden er uviss og ustabiliteten rår, er framleis ei hovudinteresse for alliansen. Konsolidering av demokratiske og frie samfunn på heile kontinentet i samsvar med OSSE-prinsippa er difor av direkte og vesentleg interesse for alliansen. Gjennom sine utoverretta aktivitetar, mellom anna i Det euroatlantiske partnarskapsrådet, går NATO inn for å skape effektivt samarbeid med frie nasjonar som deler alliansen sine verdiar, mellom desse medlemer i Den europeiske unionen og kandidatar til EU-medlemskap.
5. På siste møtet vårt i Brussel sa vi at vi venta og ville stille oss positive til opptak av nye medlemer som ein del av ein utviklingsprosess som tek omsyn til den politiske og tryggingsmessige utviklinga i heile Euroapa. Tolv europeiske land har til no bede om å bli tekne opp i alliansen. Vi gler oss over ambisjonane og tiltaket til desse nasjonane. No er tida inne til å ta fatt på ein ny fase i denne prosessen. Studien om utviding av NATO - som mellom anna slo fast at NATO må sikre sin militære effektivitet i takt med utvidingane - og resultata av den intensiverte dialogen med interesserte partnarar og analysane av relevante faktorar i samband med opptak av nye medlemer - alt dette har lagt eit grunnlag for å vurdere kor langt dei tolv landa som søkjer medlemskap i alliansen er komne i førebuingane.
6. I dag inviterer vi Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen til å innleie tiltredingssamtalar med NATO. Målet er å underteikne tiltredingsprotokollen i samband med ministermøtet i desember 1997, og at ratifikasjonsprosessen skal vere ferdig i tide til at medlemskap kan tre i kraft innan 50-årsjubileet for Washington-traktaten i april 1999. I perioden fram til tiltreding vil alliansen i størst mogeleg grad og når omstenda tilseier det, trekkje inviterte land inn i allianseaktivitetane for å sikre at dei er best mogeleg førebudde på å ta på seg ansvar og plikter som følgjer av medlemskap i ein utvida allianse. Vi gjev Det permanente rådet pålegg om å utarbeide høvelege ordningar til dette føremålet.
7. Opptak av nye medlemer vil ha innverknad på ressurssituasjonen i alliansen. Alliansen vil måtte skaffe dei ressursane utvidinga nødvendigvis vil krevje. Vi gjev Det permanente rådet pålegg om snarleg å sluttføre den konkrete analysen av ressursimplikasjonane av den føreståande utvidinga, og at det her vert teke utgangspunkt i det pågåande arbeidet med dei militære implikasjonane. Ut frå tryggingsmiljøet i dagens Europa har vi tillit til at alliansen sine kostnader med integrering av nye medlemer vil vere overkommelege, og at det vil bli skaffa nok ressursar til å dekkje desse kostnadene.
8. Vi stadfester at NATO framleis er ope for nye medlemer i samsvar med artikkel 10 i Atlanterhavspakta. Alliansen vil framleis ta imot nye medlemer som har evne til å fremje prinsippa i traktaten og bidra til tryggleiken i det euroatlantiske området. I åra som kjem reknar alliansen med å invitere fleire nasjonar som har vilje og evne til å ta på seg ansvar og plikter som følgjer av medlemskap, så sant NATO finn at opptak av desse nasjonane vil tene alliansen sine overordna politiske og strategiske interesser og at opptaket alt i alt vil styrkje tryggleiken og stabiliteten i Europa. For å gjere dette meir handfast vil NATO framleis ha eit aktivt tilhøve til dei nasjonane som har sagt seg interesserte i NATO-medlemskap og til dei som måtte søkje medlemskap i framtida. Dei landa som frå før har sagt seg interesserte i å bli NATO-medlemer, men ikkje vart inviterte til tiltredingssamtalar i dag, vil framleis vere under vurdering med tanke på framtidig medlemskap. Dei vurderingane som går fram av studien frå 1995 om utviding av NATO, vil også gjelde for framtidige søkjarar utan omsyn til geografisk plassering. Ikkje noko demokratisk land i Europa vil bli halde utanfor slik vurdering så sant opptak av landet stettar føremåla med traktaten. Alle vidare steg i den pågåande utvidingsprosessen må elles vegast opp mot tryggingsinteressene til alle allierte for å auke tryggleiken og stabiliteten i Europa sett under eitt.
For å støtte opp om denne prosessen oppmodar vi sterkt om at land som ynskjer å bli medlemer, deltek aktivt i Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred, då dei med dette vil bli sterkare politisk og militært engasjerte i arbeidet i alliansen. Vi vil òg vidareføre den intensiverte dialogen med dei nasjonane som ynskjer medlemskap i NATO eller av andre grunnar ynskjer å føre ein dialog med NATO om medlemskapsspørsmål. Med dette som mål vil dei intensiverte dialogane dekkje heile spekteret av politiske, militære, økonomiske og tryggingsmessige spørsmål i tilknyting til ein eventuell NATO-medlemskap, utan at dette skal verke inn på eit eventuelt seinare vedtak i alliansen. Dialogane vil omfatte møte i EAPC og periodiske møte med Det permanente nordatlantiske rådet og NATOs internasjonale stab, og med andre NATO-organ slik situasjonen tilseier. I tråd med lovnaden om å halde døra open for opptak av nye alliansemedlemer i framtida, gjev vi òg pålegg om at utanriksministrane i NATO held denne prosessen under kontinuerleg oppsyn og rapporterer til oss.
Vi vil gå gjennom prosessen på neste møtet vårt i 1999. Når det gjeld dei landa som ynskjer medlemskap, erkjenner vi med stor interesse og tek omsyn til den positive utviklinga i retning av demokrati og rettsstat som skjer i ei rekkje land i det søraustlege Europa, særleg Romania og Slovenia.
Alliansen erkjenner behovet for å skape større stabilitet, tryggleik og regionalt samarbeid i landa i det søraustlege Europa og å integrere dei i aukande grad i det euroatlantiske fellesskapet. Vi erkjenner òg at statane i den baltiske regionen, som òg ynskjer medlemskap, har gjort framsteg i retning av større stabilitet og samarbeid. Når vi ser mot framtida til alliansen, vil det å nærme seg desse måla vere viktig for vår overordna målsetjing om eit fritt, framgangsrikt og udelt Europa i fred.
9. Opprettinga av Det euroatlantiske partnarskapsrådet i Sintra markerer ein ny dimensjon i tilhøvet til partnarane våre. Vi ser fram til møtet med stats- og regjeringssjefane i morgon i regi av EAPC.
EAPC vil vere eit sentralt element i vårt felles strev for å betre tryggleiken og stabiliteten i den euroatlantiske regionen. Rådet er ei vidareføring av dei positive røynslene med Det nordatlantiske samarbeidsrådet og Partnarskap for fred, og vil vere ein overbygning for alle sider ved det vidfemnande samarbeidet vårt og løfte det opp på eit kvalitativt nytt nivå. Det vil utdjupe og setje sterkare fokus på dei multilaterale og tryggingsrelaterte diskusjonane, auke omfanget og substansen i det praktiske samarbeidet og gje auka innsyn og tillit i tryggingsspørsmål mellom alle medlemsstatar i EAPC. Den utvida politiske dimensjonen for samråd og samarbeid som EAPC vil tilby, vil gjere det mogeleg for partnarar, om dei ønskjer det, å utvikle eit direkte politisk tilhøve til alliansen, individuelt eller i mindre grupper. EAPC vil gje større rom for konsultasjon og samarbeid om regionale spørsmål og aktivitetar.
10. Partnarskap for fred er blitt det sentrale forumet i arbeidet med å skape nye mønster i det praktiske samarbeidet på tryggingsområdet. Utan PFP kunne vi ikkje så fort og effektivt ha sett saman og utplassert implementerings- og stabiliseringsstyrkane i Bosnia-Hercegovina med deltaking av så mange av partnarane våre.
Vi gler oss over og sluttar oss til vedtaket som vart gjort i Sintra om å forbetre Partnarskap for fred ved å styrkje det politiske konsultasjonselementet, gje partnarane ei større rolle i avgjerdsprosessar og planlegging for PFP og ved å gjere PFP meir operativt. Partnarane vil i framtida kunne engasjere seg sterkare i programspørsmål rundt PFP og i PFP-operasjonar, det vil bli oppretta personellelement for partnarar på ulike nivå i den militære strukturen i alliansen, og planleggings- og vurderingsprosessen vil bli meir lik styrkeplanleggingsprosessen i NATO. Med inklusivitet og sjølvdifferensiering som grunnleggjande prinsipp vil partnarane såleis kunne nærme seg alliansen. Vi inviterer alle partnarland til å dra full nytte av dei nye utsiktene som det forbetra PFP vil by på.
Med dette utvida tilbodet følgjer òg eit behov for tilpassa politisk og militær representasjon i NATO-hovudkvarteret i Brussel. Vi har difor gjeve partnarane høve til å opprette diplomatiske stasjonar hos NATO i samsvar med Brusselavtalen som trådde i kraft den 28. mars 1997. Vi inviterer og oppmuntrar partnarland til å gjere seg nytte av dette tilbodet.
11. Grunnakta om gjensidig samkvem, samarbeid og tryggleik mellom NATO og Den russiske føderasjonen, som vart underteikna i Paris 27. mai 1997, er eit historisk dokument. Det innleier ein ny epoke i dei europeiske tryggingsrelasjonane, ein epoke av samarbeid mellom NATO og Russland. Grunnakta er eit uttrykk vårt felles engasjement for ein varig og inkluderande fred i det euroatlantiske området med demokrati og tryggleik i samarbeid som grunnleggjande prinsipp. Føresegnene i akta støttar opp om den grunnleggjande NATO-målsetjinga om auka tryggleik for alle europeiske statar, som òg vert forsterka av handlingane våre her i Madrid. Akta er ei ramme som NATO og Russland vil bruke til å skape ein sterk, stabil og varig partnarskap. Vi er forplikta til å samarbeide med Russland om å utnytte føresegnene i grunnakta fullt ut.
Gjennom det nye forumet som grunnakta opprettar, Det permanente fellesrådet NATO - Russland, vil NATO og Russland rådføre seg med kvarandre, samarbeide, og, når det høver slik, handle i fellesskap for å møte tryggingsutfordringane i Europa. Aktivitetane i rådet vil gå føre seg på gjensidig og ope grunnlag. Samarbeidet mellom avdelingar frå Russland og NATO i Bosnia-Hercegovina og mellom stabane i SHAPE viser kva som er mogeleg når vi arbeider saman. Vi vil byggje på denne erfaringa, også gjennom PFP, for å utvikle ekte samarbeid mellom NATO og Russland. Vi ser fram til regelmessige drøftingar med Russland om eit breitt utval av emne, og til å skape tettare samarbeid, også på militært plan, gjennom Det permanente fellesrådet som snart skal vere i arbeid.
12. Vi legg stor vekt på underteikninga i morgon av charteret om ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina. Charteret vil løfte samarbeidet mellom NATO og Ukraina opp på eit meir materielt nivå, gje nytt rom for å styrkje tilhøvet oss imellom og auke tryggleiken i regionen i vidare forstand. Vi er overtydde om at sjølvstende, territoriell integritet og suverenitet for Ukraina er ein nøkkelfaktor for å sikre stabilitet i Europa. Vi støttar framleis reformprosessen i eit Ukraina på vegen til å bli ein demokratisk nasjon med marknadsøkonomi.
Vi vil byggje på det som hittil er gjort for å utvikle eit sterkt og varig tilhøve mellom NATO og Ukraina. Vi ser med glede på det praktiske samarbeidet med alliansen gjennom den ukrainske deltakinga i IFOR og SFOR, og på opninga av NATO-informasjonskontoret i Kiev nyleg, begge viktige bidrag i så måte. Vi ser fram til ei snarleg og aktiv gjennomføring av charteret.
13. Middelhavsregionen fortener stor merksemd sidan tryggingssituasjonen i heile Europa er nært knytt til tryggleik og stabilitet ved Middelhavet. Vi er nøgde med utviklinga i Middelhavsinitiativet som vart lansert etter det siste møtet vårt i Brussel. Dialogen vi har etablert mellom NATO og ei rekkje middelhavsland, utviklar seg stegvis og godt, medverkar til tillitsbygging og samarbeid i regionen og utfyller annan internasjonal innsats. Vi sluttar opp om tiltaka som vart avtala av utanriksministrane i NATO i Sintra om å utvide og styrkje dialogen, og har på grunnlag av tilrådingane deira i dag vedteke å opprette ein ny komité under Det nordatlantiske rådet, Samarbeidsgruppa for Middelhavsområdet, som skal ha det overordna ansvaret for middelhavsdialogen.
14. Vi ser med glede på framgangen i den indre tilpassinga av alliansen. Dei grunnleggjande måla er å halde ved lag den militære effektiviteten til alliansen og evna til å reagere på eit breitt spekter av situasjonar, å bevare det transatlantiske sambandet og å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen. Vi erkjenner det viktige arbeidet som er gjort med utviklinga av ein ny kommandostruktur for alliansen; gjennomføringa av CJTF-konseptet og oppbygginga av ESDI innanfor NATO. Vi legg stor vekt på ei snarleg og vellukka fullføring av denne prosessen. Som ei vidareføring av tidlegare reduksjonar og omstrukturering av dei militære styrkane til alliansen, vil prosessen gje alliansen tilgang til alle kapasitetar som trengst for å møte utfordringane i framtida.
15. Vi ser med glede på den gode framgangen som har skjedd i utviklinga av ein ny kommandostruktur som vil setje alliansen i stand til å utføre heile oppdragsspekteret sitt meir effektivt og fleksibelt, støtte det betra tilhøvet vårt til partnarane og opptak av nye medlemer, og, som ein del av utviklinga av ESDI innanfor NATO, gje rom for europeiske kommandoordningar som kan førebu, støtte, kommandere og utføre VEU-leia operasjonar.
Vi merkte oss at viktige element i den nye kommandostrukturen er fastsette og vil danne grunnlag for vidare arbeid. Vi må halde oppe framdrifta i dette arbeidet. Vi har difor pålagt Det permanente rådet, etter råd frå Militærkomiteen, å arbeide for ei løysing på uavklara spørsmål med sikte på å oppnå semje om framtidig kommandostruktur for NATO innan ministermøta i rådet i desember.
16. På bakgrunn av dette ser medlemene i den integrerte militærsturkturen i alliansen med stor glede på Spania si kunngjering i dag der landet seier seg parat til å delta fullt ut i den nye kommandostrukturen så snart det er oppnådd semje om denne. Full deltaking frå spansk side vil auke landet sitt samla bidrag til tryggleiken i alliansen, vere med på å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor NATO og styrkje den transatlantiske tilknytinga.
17. Vi er nøgde med framgangen i gjennomføringa av CJTF-konseptet, mellom anna den første utpeikinga av overordna hovudkvarter, og ser fram til dei føreståande prøvane. Konseptet vil gjere oss betre i stand til å kommandere og kontrollere fleirnasjonale fleirbruksstyrkar, oppretta og utplasserte på kort varsel, som er i stand til å utføre eit breitt spekter av militære operasjonar. Mobile, fleirnasjonale fleirbrukseiningar vil også gjere det lettare for ikkje-NATO-land å delta i operasjonar, og vil ved å gjere det mogeleg å utføre VEU-leia CJTF-operasjonar, medverke til utviklinga av ESDI innanfor alliansen.
18. Vi stadfester, slik det går fram av Brussel-erklæringa frå 1994, at vi fullt ut støttar utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten ved å stille NATO sine ressursar og kapasitetar til disposisjon for VEU-operasjonar. Med dette som siktemål byggjer alliansen opp ESDI, grunnlagt på faste militære prinsipp og med støtte i passande militær planlegging, som vil gjere det mogeleg å opprette militært samstemte og effektive styrkar som er i stand til å operere under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU. Vi støttar opp om vedtaka som vart gjorde på ministermøtet i Berlin i fjor i denne samanhengen, som tener både alliansen og VEU sine interesser.
Vidare støttar vi opp om den monalege framgangen i gjennomføringa av desse vedtaka og i utviklinga av ESDI innanfor alliansen. I denne samanhengen sluttar vi opp om vedtaka om europeiske kommandoordningar innanfor NATO for å førebu, støtte, kommandere og utføre VEU-leia operasjonar som gjer bruk av NATO sine ressursar og kapasitetar (inkludert mellombels mandat for assisterande SACEUR som dekkjer hans ESDI-relaterte oppgåver både permanent og under kriser og operasjonar), ordningane for utpeiking av NATO-ressursar og -kapasitetar som kan støtte VEU-leia operasjonar, og ordningar for konsultasjonar mellom NATO og VEU i samanheng med slike operasjonar. Vi ser med glede på at støtte til gjennomføring av VEU-leia operasjonar er teken med i den pågåande gjennomføringa av den reviderte forsvarsplanleggingsprosessen for alle allianseoppdrag. Vi ser òg med glede på framgangen som er gjort i arbeidet med planlegging og framtidig øving for VEU-leia operasjonar, og i utviklinga av dei nødvendige praktiske ordningane for frigjering, tilsyn og tilbakeføring av NATO-ressursar og informasjonsutvekslinga mellom NATO og VEU innanfor rammene av tryggingsavtalen mellom NATO og VEU.
Vi er tilfreds over å merkje oss at oppbygginga av ESDI innanfor alliansen har hatt stor fordel av semja som nyleg vart oppnådd i VEU om at alle europeiske allierte som ynskjer det, kan delta i VEU-leia operasjonar som gjer bruk av NATO sine ressursar og kapasitetar, og i planlegging og førebuing av slike operasjonar. Vi merkjer oss òg Canada sitt ynske om å delta i slike operasjonar når deira interesser tilseier det og på nærare vilkår som vil bli utarbeidde seinare. Vi pålegg Det permanente rådet snarast å fullføre sitt arbeid rundt utviklinga av ESDI innanfor NATO, i samarbeid med VEU.
19. Strategikonseptet for alliansen, som vi vedtok på møtet i Roma i 1991, fastset dei viktigaste måla til alliansen. Vi erkjenner at trygginsklimaet har endra seg sidan den gongen, og har vedteke å gå gjennom strategikonseptet for å sikre at det er fullt i samsvar med den nye tryggingssituasjonen og utfordringane i Europa. I tråd med det utanriksministrane våre rådde til i Sintra, har vi vedteke å påleggje Det permanente rådet å utarbeide mandat for denne gjennomgangen og ei oppdatering dersom det er nødvendig, for godkjenning under ministermøta til hausten. Dette arbeidet vil stadfeste at vi er forplikta til kollektivt forsvar som ein kjernefunksjon og til det uunnverlege transatlantiske sambandet.
20. Vi seier oss på nytt forplikta til fullt innsyn mellom NATO og VEU i krisehandtering, om nødvendig gjennom konsultasjonar om korleis påkommande situasjonar skal taklast. I denne samanhengen er vi fast bestemte på å styrkje det institusjonelle samarbeidet mellom dei to organisasjonane. Vi ser med glede på at VEU nyleg har teke på seg å forbetre sin kapasitet for planlegging og gjennomføring av krisehandterings- og fredstryggingsoperasjonar (Petersberg-oppgåvene), mellom anna gjennom å leggje grunnlaget for eventuelle VEU-leia operasjonar med støtte i NATO sine ressursar og kapasitetar, og godtok invitasjonen frå alliansen om å bidra til NATOs ministerrettleiing i forsvarsplanlegging. Vi vil difor halde fram med å utarbeide dei ordningar og prosedyrar som trengst til planlegging, førebuing, leiing og utføring av VEU-leia operasjonar der NATO sine ressursar og kapasitetar vert brukte.
21. Vi stadfester at vi er forplikta til å styrkje OSSE ytterlegare som ein regional organisasjon i samsvar med kapittel VIII i charteret for Dei sameinte nasjonane og som eit hovudinstrument til å førebyggje konflikt, skape auke tryggleik i samarbeid og fremje demokrati og menneskerettar. OSSE, den mest inkluderande all-europeiske tryggingsorganisasjonen, spelar ei vesentleg rolle i å tryggje freden, stabiliteten og tryggleiken i Europa. Dei prinsippa og pliktene OSSE har vedteke, utgjer eit grunnlag for å utvikle ein fullstendig og samarbeidsbasert tryggingsarkitektur for Europa. Målet vårt er, gjennom breiast mogeleg samarbeid mellom OSSE-statane, å skape eit felles rom i Europa for tryggleik og stabilitet, utan skiljeliner eller maktsfærar som avgrensar suvereniteten til einskildstatar.
Vi støttar framleis OSSE sitt arbeid med ein felles og fullstendig tryggingsmodell for Europa i det tjueførste hundreåret i samsvar med vedtaka frå Lisboa-toppmøtet i 1996, der det mellom anna vert vurdert å utarbeide eit charter for europeisk tryggleik.
22. Vi helsar den vellukka gjennomføringa av val i Albania som eit avgjerande første steg i retning av å leggje eit grunnlag for større stabilitet, demokratisk styre, lov og orden i landet. Vi strekar i denne samanhengen under det viktige i at alle politiske krefter står fast på å føre vidare den nasjonale forsoningsprosessen. Vi ser òg med glede på den avgjerande rolla den italiensk-leia fleirnasjonale vernestyrken, med fleire allierte og partnarar som deltakarar, har hatt når det gjeld å skape eit trygt miljø for gjenoppretting av ro og orden. Vi verdset innsatsen til OSSE som samordnande instans for internasjonal bistand til Albania, saman med dei viktige bidraga EU, VEU og Europarådet har ytt. Vi følgjer nøye med i det som skjer i Albania, og vurderer tiltak gjennom Partnarskap for fred for, så snart situasjonen tillet det, å medverke til atterreisinga av dei væpna styrkane i Albania som eit viktig element i reformprosessen. Vidare internasjonal støtte vil vere avgjerande for på nytt å skape ein stabil situasjon i Albania.
23. Vi ser det framleis som svært viktig å fremje mekanismar til ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting.
Vi gler oss over framgangen som er gjort som ein integrert del av NATO-tilpassinga sidan toppmøtet i Brussel for å intensivere og utvide alliansen sin politiske og forsvarsmessige innsats med sikte på å hindre spreiing og sikre den strategiske einskapen og handlefridom til NATO trass i dei risikoane som kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmidla for slike våpen utgjer. Vi ser på dette arbeidet som yttarst viktig, gler oss over dei vesentlege resultata alliansen har oppnådd og gjev pålegg om at arbeidet må halde fram.
Vi oppmodar alle statar som enno ikkje har gjort det om å underteikne og ratifisere konvensjonen om kjemiske våpen. Vi erkjenner at auka tillit til etterlevinga vil styrkje konvensjonen om biologiske og toksinhaldige våpen, og stadfester vi at vi er fast bestemte på snarast mogeleg gjennom forhandlingar å få i stand ein juridisk bindande og effektiv verifiseringsmekanisme. Vi oppmodar Den russiske føderasjonen om å ratifisere START II-avtalen utan opphald slik at forhandlingar om START III kan ta til.
Vi støttar ein energisk innsats for å oppnå ein effektiv, juridisk bindande internasjonal avtale om eit verdsomspennande forbod mot bruk, lagring, produksjon og overføring av personellminer. Vi merkjer oss den positive utviklinga i konferansen om nedrusting. Vi merkjer oss elles framgangen i Ottawa-prosessen, der målet er å komme fram til eit forbod innan utgangen av året.
24. Vi legg framleis stor vekt på CFE-avtalen og integriteten til denne. I denne samanhengen gler vi oss over at flankeavtalen til CFE trådde i kraft den 15. mai 1997, og strekar under at denne har mykje å seie for den regionale stabiliteten. Til liks med alle dei tretti avtalepartane forpliktar vi oss til å halde fram med full gjennomføring av CFE-avtalen, dei tilknytte dokumenta og flankeavtalen. Vi er parat til å samarbeide med andre avtalepartar om snarast råd å komme fram til ein tilpassa CFE-avtale som tek omsyn til dei endra politiske og militære tilhøva i Europa, som tener som ein hjørnestein for stabiliteten og syter for uforminska tryggleik for alle. NATO har sett fram eit omfattande forslag til tilpassing av CFE-avtalen på grunnlag av ein revidert avtalestruktur med nasjonale og regionale tak. Dei allierte har alt sagt at dei aktar å redusere sine samla nasjonale tak for avtaleregulert utstyr i vesentleg grad. Vi ser fram til å arbeide saman med andre avtalepartar om ei snarleg fullføring av ein rammeavtale om CFE-tilpassing.
25. Vi stadfester at det er viktig for alliansen å ha ordningar for drøfting av truslar i vidare forstand, også slike som er knytte til ulovleg våpenhandel og terrorhandlingar, som påverkar tryggingsinteressene til alliansen. Vi fordømmer framleis alle tilfelle av internasjonal terrorverksemd. Dei står som ei skrikande krenking av menneskeverdet og menneskerettane og er ein trussel mot vanleg internasjonalt samkvem. I samsvar med våre nasjonale lover strekar vi under behovet for mest mogeleg effektivt samarbeid for å førebyggje og halde nede denne plaga.
26. Dei stega vi har teke i dag, og møtet med partnarane våre i morgon i regi av EAPC, fører oss nærare målet om å byggje tryggleik i samarbeid tryggleik i Europa. Vi forpliktar oss framleis til ein fri og udelt euroatlantisk fellesskap der alle kan nyte godt av fred og framgang. Eit NATO med fornya struktur og innstilling, med styrkt forsett og vilje og med aukande medlemstal, vil også heretter fylle rolla si når det gjeld å nå dette målet og å ta imot dei tryggingsutfordringane vi vil møte i tida framover.
27. Vi seier oss djupt takksame for den vennlege og gjestfrie måten den spanske regjeringa har teke imot oss på. Vi ser fram til å møtast igjen i høve 50-årsjubileet for Atlanterhavspakta i april 1999.
1.5 TOPPMØTET I MADRID 8. JULI 1997. SÆRFRÅSEGN OM BOSNIA-HERCEGOVINA
Vi, stats- og regjeringssjefane i NATO, stadfester at vi er forplikta til full gjennomføring av fredsavtalen og til oppretting av Bosnia-Hercegovina som ein samla, demokratisk og multietnisk stat. Vi sluttar sterkt opp om erklæringane som nyleg er komne frå møte i Styringsgruppa i Fredsgjennomføringsrådet i Sintra, Åttelandstoppmøtet i Denver og Kontaktgruppa i Haag, der styresmaktene i Bosnia-Hercegovina vert bedne om å auke tempoet i gjennomføringa av fredsavtalen.
Vi rosar den NATO-leia stabiliseringsstyrken (SFOR) i Bosnia-Hercegovina, og er stolte over den avgjerande innsatsen styrken har gjort for å skape fred i landet. I samarbeid med NATO sine partnarar i SFOR aktar vi å sjå til at styrken oppfyller mandatet sitt i størst mogeleg grad.
Vi rosar innsatsen til Carl Bildt, som i sin periode som NATOs høge representant har oppnådd viktig framgang i gjennomføringa av dei sivile sidene ved fredsavtalen, og vi ser med glede på utnemninga av Carlos Westendorp til etterfølgjar. SFOR vil halde fram med å samarbeide nært og effektivt med den høge representanten, OSSE og andre større internasjonale organisasjonar og organ som gjennomfører sivile sider ved fredsavtalen, ikkje minst i samanheng med kommunevala som etter programmet skal haldast i september 1997. Sjølv om SFOR-mandatet går ut i juni 1998, er vi forplikta til og har ei langsiktig interesse i stabilitet i Bosnia-Hercegovina og den omkringliggjande regionen. Styresmaktene i Bosnia-Hercegovina må ikkje vere i tvil om at det ikkje kan bli snakk om noko militært alternativ for nokon part eller etnisk gruppe no eller i framtida.
Vi ber partane i fredsavtalen fullt ut etterleve dei pliktene dei sjølve har teke på seg og å gjennomføre fredsavtalen omgåande. Dei må respektere retten for flyktningar og fordrivne personar til å vende tilbake til heimane sine på ein fredeleg og ordna måte. Dei må oppfylle alle føresegnene som gjeld politi, mellom anna behovet for å omstrukturere, reformere og godkjenne politistyrkar. Dei må òg gje media fri og open tilgang. Vi ventar at Kroatia og Forbundsrepublikken Jugoslavia, som regionale signatarstatar til fredsavtalen, vil medverke effektivt til full gjennomføring av avtalen.
Etterleving av alle desse føresegnene vil vere føresetnaden for vår vidare bistand: dei som oppfyller sine plikter, vil få støtte frå oss; dei som ikkje gjer det, vil bli nekta alt håp om å bli tekne opp som medlemer i den større nasjonsfellesskapen.
Vi er djupt uroa over den politiske krisa i Republika Srpska, der eit stadig meir antidemokratisk klima og misbruk av politimakt i strid med fredsavtalen er i ferd med å underminere dei grunnleggjande menneskerettane, hindre framgangen med fredsavtalen og truge tryggleiken i vidare forstand. Det er spesielt uakseptabelt at innbyggjarane i Republika Srpska vert nekta fullstendig og objektiv informasjon om utviklinga. Den demokratiske prosessen vert forvrengd for å blokkere dei konstitusjonelle vedtaka til den valde presidenten for Republika Srpska, som må respekterast.
Vi ventar at dei som er ansvarlege for denne utfordringa mot styresmaktene løyser si politiske usemje fredeleg og gjennom dialog, på ein måte som er i tråd med rettsstatsprinsippa og dei demokratiske prinsippa i fredsavtalen. Vidare krev vi her at politiet i Republika Srpska stansar all trakassering og rettar seg fullt ut etter alle føresegner i fredsavtalen. Republika Srpska, ein integrert del av Bosnia-Hercegovina, risikerer elles endå større isolasjon frå det internasjonale samfunnet og større vanskar med å oppnå den internasjonale støtta og den økonomiske bistanden som det treng for å ha framgang.
Vi vil ikkje tolerere nokon bruk av makt eller vald eller ulovleg utplassering av militære eller paramilitære styrkar.
Det kan ikkje bli varig fred utan rettferd. Vi ber leiarane i regionen samarbeide med Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia og å oppfylle plikta til å utlevere dei som er tiltala for krigsbrotsverk til den internasjonale domstolen i Haag.
1.6 KOMMUNIKÉ FRÅ FORSVARSMINISTERMØTET I DET NORDATLANTISKE RÅDET, BRUSSEL, 2. DESEMBER 1997
1. Det nordatlantiske rådet møttest ved forsvarsministrane i Brussel den 2. desember 1997.
2. På toppmøtet i Madrid 8. og 9. juli tok stats- og regjeringssjefane våre viktige steg for å forme eit nytt NATO som kan møte utfordringane i det 21. hundreåret. Dei samla dei ulike trådane i den pågåande NATO-tilpassinga som svar på dei djuptgripande endringane i det nye tryggingsmiljøet som veks fram, og gav vidtrekkande pålegg om vidare arbeid. Dei stadfesta at alliansen er forplikta til kollektivt forsvar som ein kjernefunksjon, til å styrkje det uunnverlege transatlantiske sambandet og til å utvikle den europeiske forsvars- og tryggingsidentiteten innanfor alliansen, og understreka, i lys av dei nye tryggingsutfordringane alliansen står overfor, det viktige i å sikre alliansen militær effektivitet til å utføre alle sine oppdrag. Dei gav sin fulle tilslutnad til vedtaka på ministermøta i vår som skulle spegle utviklinga mot auka integrasjon og samarbeid i Europa, også på tryggings- og forsvarsområdet.
3. Vi tok i dag føre oss gjennomføringa av toppmøtevedtaka på forsvarsområdet, og merkte oss tilfreds den framgangen som er oppnådd sidan toppmøtet. Det er gjort viktige framsteg i langtidsstudien, og det er oppnådd semje om ein ny kommandostruktur samla sett, særleg om kva slag og kor mange hovudkvarter ein skal ha og kvar dei skal vere plasserte. Tiltredingsforhandlingane med Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen er fullførte med vellukka utfall. Dei første stega er tekne i gjennomføringa av Grunnakta mellom NATO og Russland og av charteret mellom NATO og Ukraina. Som forsvarsministrar vil vi framleis spele vår rolle til fulle for å forme den nye europeiske tryggingsstrukturen som Madrid-toppmøtet medverka så fundamentalt til.
4. Vi tok føre oss dei pågåande operasjonane til den NATO-leia stabiliseringsstyrken (SFOR) i Bosnia-Hercegovina. Vi såg med glede på den aktive rolla SFOR har teke på seg for å setje fart i gjennomføringa av fredsavtalen i samsvar med Sintra-erklæringa og rådsvedtaka. Dette gjeld mellom anna operasjonar for å få spesialpolitiet i Republika Sprska til å etterleve vedlegg 1A til fredsavtalen, og for å støtte Den høge representanten sitt vedtak om å stanse kringkastinga av program som konsekvent og eklatant braut med fredsavtalen. SFOR spela òg ei vesentleg rolle i å leggje til rette for ei fredeleg gjennomføring av kommunevala september og vala til nasjonalforsamling for Republika Srpska i november, som begge vart gjennomførte under tilsyn av OSSE. SFOR heldt òg fram med å gje støtte til IPTF, til den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia, og til eit trygt og sikkert miljø som gjer det lettare for flyktningar å vende heim. Vi uttrykte vår varmaste takk til mennene og kvinnene i SFOR for den framifrå innsatsen dei har gjort.
5. Trass i framgangen som alt er oppnådd, står mykje att å gjere for å konsolidere freden før vi kan vere trygge på at han ikkje vert omstøytt. Landa våre er forplikta til å støtte oppretting og vidare styrking av fred, stabilitet og demokrati i Bosnia-Hercegovina. Vi er framleis fast bestemte på å støtte dei som forpliktar seg til fredsavtalen og å motarbeide dei som prøver å hindre fredsprosessen. Vi oppmodar partane i fredsavtalen om å leve fullt og heilt opp til det dei har forplikta seg til, mellom anna fullt samarbeid om overføring av personar som er tiltala for krigsbrotsverk til den internasjonale forbrytardomstolen i Haag. Vi ser med glede på framgangen når det gjeld tillitbyggjande tiltak og rustingskontroll slik artikkel 2 og 4 i vedlegg 1B til fredsavtalen fastset. Vi legg òg stor vekt på vidare framgang på dette området. Vi ser fram til ministermøtet i Fredsgjennomføringsrådet i Bonn neste veke, som venteleg vil gje fredsprosessen ny framdrift.
6. Stats- og regjeringssjefane våre har erklært at alliansen er forplikta til å fremje stabiliteten i regionen. NATO er no i ferd med å gjennomføre eittårsgjennomgangen av SFOR-operasjonane på grunnlag av råd frå dei militære NATO-styresmaktene og i samråd med deltakarlanda utanfor NATO. Med omsyn til dei siste seks månadene av SFOR-oppdraget stadfesta vi at styrken ville halde fram med den faste og upartiske måten han har gått fram på for å gjennomføre sitt mandat og støtte den sivile gjennomføringa. Med tanke på dette meiner vi at SFOR bør halde fram på sitt noverande styrkenivå, med atterhald om varsame justeringar, til anna vert pålagt. På dette grunnlaget inviterte vi Det permanente rådet til å rådføre seg med deltakarlanda utanfor NATO før møtet mellom utanriksministrane den 16. desember. Med tanke på framtida stadfesta vi at det er i alliansen si interesse på lang sikt å arbeide for stabilitet og eit trygt miljø i Bosnia-Hercegovina, slik at fredsavtalen kan gjennomførast vidare. Vi bad Det permanente rådet gje politisk-militær rettleiing til dei militære NATO-styresmaktene om på uforpliktande grunnlag å utarbeide eit breitt utval av ulike alternativ der ein peikar på potensielle oppgåver for eit framtidig NATO-leia militært nærvær i Bosnia-Hercegovina etter at SFOR-mandatet går ut, og kva styrkar som trengst til dette. Dette bør førast vidare i lys av konferansen om gjennomføring fredsavtalen i Bonn den 9. og 10. desember og vedtaka til utanriksministrane i Det nordatlantiske rådet den 16. desember. Vi har òg slutta oss til eit første sett aktivitetar for tryggingssamarbeid med Bosnia-Hercegovina, som omfattar begge delane av landet og alle tre partane. Desse aktivitetane skal samordnast gjennom Den bosniske presidenskapens faste komité for militærsaker (SCMM) med det mål å fremje tillit og samarbeid mellom dei bosniske væpna styrkane og å oppmuntre til utvikling av demokratisk praksis og sentrale forsvarsmekanismar som SCMM.
7. Vi såg med glede på den vellukka fullføringa av tiltredingssamtalane med Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen, og ser fram til underteikninga av tiltredingsprotokollane på det føreståande utanriksministermøtet. Vi tok føre oss dei viktige stega som alt er tekne for å hjelpe dei inviterte nasjonane med å førebu seg på dei roller og plikter dei får som framtidige alliansemedlemer. Særleg har det forsvarsplanleggingsarbeidet som er gjort innanfor alliansen på grunnlag av den fyldige informasjonen dei tre inviterte nasjonane la fram gjennom sine svar på NATOs spørjeskjema for forsvarsplanlegging, lagt eit solid grunnlag for å utarbeide styrkemål, noko som vil utgjere eit langt steg i retning av å definere i detalj dei militære bidraga som dei framtidige medlemene vil yte til alliansen når dei tiltrer. Vi streka under at det er viktig at inviterte land får effektiv hjelp med å førebu seg på medlemskap, og stilte oss positive til forslaget om å ta verktøy og mekanismar frå PFP til hjelp for å utvikle eit samarbeidsprogram med dei inviterte landa som er omfattande og sikrar innsyn mellom multilaterale og bilaterale bistandsprogram.
8. På møtet i april merkte dei allierte stats- og regjeringssjefane seg at opptak av nye medlemer vil ha ressursmessige konsekvensar for alliansen. Dei gav Det permanente rådet pålegg om i god tid å fullføre den konkrete analysen av dei ressursmessige implikasjonane av den føreståande utvidinga med støtte i det pågåande arbeidet med dei militære konsekvensane. Vi merkte oss ein rapport om dei ressursmessige konsekvensane av å ta opp Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen i alliansen, som er utarbeidd på grunnlag av ein omfattande analyse som dei militære NATO-styresmaktene har gjort. Vi merkte oss at dei inviterte landa planlegg å auke forsvarsutgiftene sine monaleg og å yte sitt til dei fellesfinansierte budsjetta for alliansen. Rapporten konkluderer med at dei militære styrkane og kapasitetane som dei noverande allierte og dei tre inviterte landa har til rådvelde eller har planar om, er tilstrekkelege til fullt ut å sikre det kollektive forsvaret av alle medlemene i den utvida alliansen i den tryggingssituasjonen vi har i dag og så langt vi kan sjå, og at Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen også vil yte verdifulle bidrag til alliansen si evne til å utføre heile sitt spekter av oppdrag. Rapporten går ut frå at kostnadene som vil vere aktuelle for fellesfinansiering vil utgjere rundt 1,5 milliardar USD over ein periode på 10 år, og at 1,3 milliardar USD av dette vil gå til tryggingsinvesteringsprogrammet. Verknaden av desse kostnadene på dei fellesfinansierte budsjetta til alliansen vil bli vurderte i ein seinare rapport om den mellomlangsiktige ressursplanen for alliansen, som vil bli lagd fram for oss på vårmøtet vårt. Vi erkjenner i denne samanhengen den viktige rolla dei militære fellesfinansierte programma vil spele i integreringa av dei nye medlemene. Alt i alt har analysen av dei ressursmessige konsekvensane av opptak av dei tre nye medlemene gjeve stats- og regjeringssjefane rett i si tru på at utgiftene med å ta opp dei tre inviterte landa vil vere overkommelege ut frå tryggingssituasjonen i Europa i dag og så langt fram vi kan sjå, og at dei ressursane som trengst for dekkje desse utgiftene, vil bli stilte til disposisjon i samsvar med dei avtala reglane om at kvar alliert ber sin rimelege del.
9. NATO-utvidinga er knytt til og er ein del av ein omfattande prosess som femner om følgjande element: breitt samarbeid med partnarar innanfor Det euroatlantiske partnarskapsrådet og det utvida Partnarskap for fred; ein sterk, stabil og varig partnarskap med Russland basert på Grunnakta om gjensidig samkvem, samarbeid og tryggleik mellom NATO og Den russiske føderasjonen, underteikna i Paris 27. mai 1997; ein eigen partnarskap med Ukraina, grunnlagd gjennom charteret som vart underteikna i Madrid den 9. juli 1997 og ein utvida dialog i Middelhavsområdet. Alle desse elementa er med på å leggje grunnlaget for eit euroatlantisk område kjenneteikna av tryggleik i samarbeid og påliteleg stabilitet, og dei vert utfylte av arbeidet som er gjort av OSSE, særleg med ein "Felles og fullstendig tryggingsmodell for det 21. hundreåret" i samsvar med vedtaket på OSSE-toppmøtet i Lisboa i 1996.
10. Som forsvarsministrar er vi framleis fullt ut forplikta til at utvidingsprosessen vert gjennomført på dei vilkåra som er fastsette i paragraf 8 i Madrid-erklæringa om euroatlantisk tryggleik og samarbeid, der stats- og regjeringssjefane i medlemslanda i Den nordatlantiske alliansen klart stadfesta at NATO framleis er ope for nye medlemer i samsvar med artikkel 10 i Atlanterhavspakta. Vi ser fram til å vidareføre dei intensiverte dialogane mellom alliansen og interesserte partnarar, som det er avtala nærare vilkår for og som vil dekkje heile spekteret av politiske, militære, finansielle og tryggingsmessige spørsmål i tilknyting til medlemskap.
11. Vi merkte oss med glede rapporten frå den forsterka politiske seniorkomiteen om gjennomføringa av eit utvida Partnarskap for fred. Vi såg med glede på framgangen som er oppnådd hittil, særleg vedtaka om å opprette PFP-stabselement på strategisk og regionalt nivå i NATOs militære kommandostruktur, og har bede om ein rapport til mai 1998 om kor vidt det er mogeleg å opprette slike også på subregionalt nivå. Vi såg òg med glede på framlegg om ei vidare utvikling av planleggings- og revisjonsprosessen (PARP) ved å innføre ministerrettleiing, utarbeiding av partnarskapsmål for interesserte partnarland - som ei prioritert oppgåve, oppretting av internasjonale militære stillingar for partnarar i Koordineringscella for partnarskapen og utpeiking av dei første PFP-prosjekta til å motta støtte frå NATO-programmet for tryggingsinvesteringar. Vi ser òg med glede på arbeidet som no er igangsett av alliansen saman med partnarar for å utvikle ei politisk-militær ramme for NATO-leia PFP-operasjonar. Vi støttar fullt ut konsultasjonane innanfor EAPC om spørsmål som gjeld regionalt samarbeid. Desse initiativa er hjørnesteinar i den nye partnarskapen, og er nøkkelen til å utvikle ein meir operativ partnarskap der partnarane spelar ei større rolle i å planleggje og utføre aktivitetar, øvingar og operasjonar i PFP-regi, og elles deltek i dei nye allianseoppdraga. Vi var òg tilfreds med gjennomgangen av PFP-innsatsen for å hjelpe Albania med å omstrukturere dei væpna styrkane sine.
12. Partnarskap for fred er blitt ein hovudarena for arbeidet med å utvide det praktiske samarbeidet mellom alliansen og partnarnasjonar på tryggingsområdet. Vi ser fram til det andre møtet vårt i Det euroatlantiske partnarskapsrådet ved forsvarsministrane i morgon, der vi vil gå i gang med å gjere EAPC til eit viktig organ som engasjerer partnarane og medfører utvida tryggingskonsultasjonar og praktisk samarbeid, slik vi har forplikta oss til.
13. Som forsvarsministrar vil vi gjere vårt for å fylle den nye partnarskapen mellom NATO og Den russiske føderasjonen med materielt innhald. Vi ser fram til det første møtet i Det permanente fellesrådet NATO - Russland på forsvarsministernivå i morgon. Vi merkte oss tilfreds at arbeidsprogramma for rådet for inneverande og neste år inneheld eit aukande tal politisk-militære prosjekt. I samband med dette stadfester vi vårt sterke ynske om å medverke til arbeidet i rådet og til gjennomføringa av dei politisk-militære føresegnene i Grunnakta om gjensidig samkvem, samarbeid og tryggleik mellom NATO og Den russiske føderasjonen. Vi legg særleg vekt på utviklinga av eit individuelt partnarskapsprogram med Russland innanfor ramma av Partnarskap for fred. Vi såg med glede på at Den russiske føderasjonen har utpeika ein militær representant til NATO. Det første møtet i Den faste militære felleskomiteen ved forsvarssjefane den 4. desember vil ytterlegare forbetre den gjensidige forståinga mellom NATO og Den russiske føderasjonen i militære spørsmål. Alle desse verdifulle utviklingstrekka vil styrkje den ånda av felles mål som har kjenneteikna samarbeidet mellom NATO og Russland i IFOR og SFOR.
14. Vi støttar fullt ut utviklinga av dei politisk-militære sidene ved charteret om ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina. Denne prosessen vil byggje på eit intensivert praktisk militært samarbeid mellom NATO og Ukraina innanfor ramma av Partnarskap for fred og på deltaking i IFOR og SFOR. Vi støttar opprettinga av ei felles arbeidsgruppe om forsvarsreformer som venteleg vil vere i arbeid snart.
15. Tryggleiken i heile Europa er nært knytt til stabilitet og tryggleik i Middelhavsområdet. Vi stadfester difor vår støtte til den utvida dialogen mellom NATO og seks land i Middelhavsregionen: Egypt, Israel, Jordan, Mauretania, Marokko og Tunisia. Vi ser med glede på dei første møta mellom desse landa og samarbeidsgruppa for Middelhavet, som vart oppretta på Madrid-toppmøtet for å ha overordna ansvar for middelhavsdialogen. Vi ser fram til ein framdriftsrapport neste år om gjennomføringa av det første arbeidsprogrammet for den utvida middelhavsdialogen, som vil vere eit grunnlag å byggje vidare på for å styrkje tilliten og samarbeidet i regionen.
16. Vi gledde oss over vidare framgang i den indre NATO-tilpassinga. Arbeidet som er gjort sidan toppmøtet, har vore konsentrert om tre tilknytte hovudområde: utviklinga av framtidig kommandostruktur for alliansen, gjennomføringa av CJTF-konseptet og oppbygginga av den europeiske forsvars- og tryggingsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen. Vi slutta oss til ein omfattande rapport om dei ulike sidene ved dette arbeidet.
17. Det er gjort vesentleg framgang med langtidsstudien og det er oppnådd semje om ein ny kommandostruktur som heilskap, særleg om type, tal og plassering når det gjeld hovudkvarter. Strukturen vil omfatte to strategiske kommandoar (SC), ein for Atlanterhavet og ein for Europa. SC Atlantic vil omfatte tre regionale kommandoar (RC), RC West (Norfolk), RC East (Norwood) og RC Southeast (Lisboa) i tillegg til STRIKFLTLANT og SUBACLANT, begge med base i Norfolk. I SC Europe er det tenkt to RC - RC North (Brunssum) og RC South (Napoli). To komponentkommandoar (CC) - CC Air (Ramstein) og CC Nav (Northwood) - vil rapportere til RC North saman med tre felles subregionale kommandoar (JSRC) - JSRC Centre (Heidelberg), JSRC Northeast (Karup) og JSRC North (Stavanger). RC South vil ha kommandoen over to CC - CC Air og CC Nav (begge i Napoli) - og fire JSRC - JSRC Southeast (Izmir), JSRC SouthCentre (Larissa), JSRC South (Verona) og JSRC SouthWest (Madrid). Samla vil dette representere ein reduksjon frå 65 hovudkvarter som no til 20 i den føreslåtte nye kommandostrukturen. Vi gav dei militære NATO-styresmaktene i oppgåve å utarbeide ein detaljert plan, etter forslag frå MC, for overgangen til den nye kommandostrukturen, som ministrane skal vurdere og godkjenne neste år.
18. Når den nye kommandostrukturen er på plass, vil denne setje alliansen i stand til å utføre heile sitt spekter av roller og oppdrag meir effektivt og fleksibelt og samstundes gje høvelege roller til alle allierte som deltek, og styrkje den transatlantiske tilknytinga. I gjennomføringa av den nye strukturen vil vi sikre at han er fullt ut funksjonell, militært effektiv og kostnadseffektiv, og vi vil dessutan ta omsyn til behov i samband med ESDI og CJTF og med dette setje alliansen i stand til, på grunnlag av konseptet med samla men delelege styrkar, å tilby europeiske kommandoordningar som kan førebu, støtte, kommandere og leie operasjonar under politisk styring og strategisk leiing av VEU. Den nye kommandostrukturen vil òg gje rom for deltaking av partnarland og gjere det lettare å integrere framtidige nye medlemer i militærstukturen til alliansen.
19. Alliansen var positiv til at Spania aktar å gå inn i den nye militærstrukturen så snart som mogeleg. Med full deltaking vil Spania yte eit større samla bidrag til tryggleiken i alliansen, vere med på å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor NATO og styrkje den transatlantiske tilknytinga.
20. Gjennomføringa av CJTF-konseptet (mobile og fleirnasjonale fleirbruksstyrkar) vil gje alliansen auka evne til å gjennomføre eit breitt spekter av militære operasjonar fort og effektivt. Det vil såleis representere ei viktig kjelde til fleksibilitet i dei kapasitetane som står til disposisjon for NATO. I tillegg vil CJTF'ar medverke sterkt til opprettinga av ESDI innanfor alliansen ved å dekkje behovet for mobile hovudkvarter som kan stillast til disposisjon for VEU-leia operasjonar som gjer bruk av NATOs ressursar og kapasitetar. Slike styrkar vil òg gje auka høve for ikkje-NATO-land til å delta i NATO-leia operasjonar. Av desse grunnane merkte vi oss med glede at den vellukka gjennomføringa av CJTF-konseptet held fram. Vi ser med glede på at den første prøveoperasjonen med CJTF vart halden sist månad. Lærdomen frå denne og seinare prøveoperasjonar og øvingar for VEU-leia CJTF-operasjonar vil telje med i den vidare gjennomføringa av konseptet.
21. På møta i Berlin og Brussel i juni 1996 vedtok utanriks- og forsvarsministrane i NATO å byggje opp ESDI innanfor alliansen, med samla men delelege kapasitetar som eit grunnleggjande konsept. Vi gledde oss over den vidare framgangen i arbeidet med å definere praktiske ordningar for VEU-leia operasjonar som gjer bruk av alliansen sine ressursar og kapasitetar. Dette gjeld mellom anna den detaljerte utarbeidinga av mekanismar for utpeiking, frigjeving, tilsyn og tilbakeføring eller tilbakekalling av NATOs ressursar og kapasitetar; ordningar for å sikre nært samråd mellom NATO og VEU mellom anna om planlegging og gjennomføring av VEU-leia operasjonar der slike ressursar og kapasitetar vert brukte, herunder tiltak for auka utveksling av informasjon og etterretningsdata i samanheng med slike operasjonar; utnytting av NATOs kommandostruktur for å stille hovudkvarterelement og kommandoposisjonar til disposisjon for å kommandere og gjennomføre VEU-leia operasjonar; utvikling av eit øvingsprogram som tek sikte på å teste prosedyrane for NATO-støtte til ein VEU-leia operasjon og som etter planen fører fram til ei fellesøving mellom NATO og VEU i krisehandtering i år 2000, etterfølgt av ei CJTF-øving basert på ein VEU-leia operasjon der det vert teke omsyn til vedtak om europeiske kommandoordningar og høve for VEU til å disponere NATOs ressursar og kapasitetar; og innarbeiding i NATOs forsvarsplanlegging av behov i samband med VEU-leia operasjonar, basert mellom anna på VEUs illustrerande oppdragsprofilar.
22. Vi tok føre oss det pågåande arbeidet med nærare vilkår for korleis VEU vidare skal trekkjast inn i forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen på grunnlag av dei reviderte forsvarplanleggingsprosedyrane. Dette arbeidet vert utført i samarbeid med VEU. Etter kvart som ESDI innanfor alliansen tek form, vert samarbeidet med VEU stadig tettare. Vi gledde oss difor over den jamne styrkinga av samarbeidet mellom NATO og VEU slik det kjem til uttrykk gjennom jamlege felles rådsmøte og fellesmøte mellom underordna organ. Vi gledde oss òg over resultata frå ministerrådet i VEU i Erfurt som tek sikte på forbetra samarbeidsformer mellom VEU og NATO, til støtte for prosessen med å omsetje dei politiske direktiva frå dei respektive ministerråda i praktiske tilknytingspunkt mellom dei to organisasjonane, som særleg kan leie til ordningar for VEU-leia operasjonar som gjer bruk av alliansen sine ressursar og kapasitetar.
23. Vi påla Det permanente rådet å arbeide vidare etter behov med den indre tilpassinga og å rapportere til oss på vårt neste møte.
24. Vi minner om at prinsippet om fleirnasjonalitet i alle strukturar i alliansen er avgjerande for solidariteten og samhaldet i alliansen, for utføringa av allianseoppdrag og som eit vern mot renasjonalisering. I denne samanhengen gledde vi oss over dei siste avtalane mellom Tyskland og Nederland som vart underteikna i oktober om djupare integrering av det tysk-nederlandske korpset, og over opprettinga av den spansk-italienske amfibiestyrken (SIAF); begge desse kan disponerast av NATO og VEU (SIAF er også tilgjengeleg innanfor EUROMARFOR) til å utføre både kollektive forsvarsoppdrag og fredsstøtteoperasjonar.
25. På møtet i Madrid i juli 1997 bad stats- og regjeringssjefane våre om ein gjennomgang, og om nødvendig ei oppdatering, av strategikonseptet for alliansen. Vi erkjenner at tryggingsmiljøet har endra seg sidan 1991, og dette arbeidet vil sikre at strategikonseptet er i takt med den nye tryggingssituasjonen og dei nye utfordringane i Europa og på same tid stadfeste at vi er forplikta til det kollektive forsvaret som ein kjernefunksjon for alliansen og til den uunnverlege transatlantiske tilknytinga. Vi har i dag godkjent mandatet for gjennomgangen og den eventuelle oppdateringa av strategikonseptet for alliansen. Vi gav Det faste rådet i oppdrag å setje i gang arbeidet tidleg i 1998 og leggje det fram for stats- og regjeringssjefane på neste toppmøte i april 1999. Vi ser på dette som ei svært viktig oppgåve, og ser fram til å få ein framdriftsrapport på vårt neste møte.
26. Det kontinuerlege arbeidet NATO gjer for å ta hand om risikoane ved spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmidla for slike våpen, viser at alliansen stadig tilpassar seg den nye tryggingssituasjonen. I denne samanhengen er det alliansen og alliansemedlemene sitt fremste mål å hindre at spreiing skjer, og å nytte diplomatiske middel til å reversere spreiing som likevel måtte førekomme. Vi gler oss over framgangen som er oppnådd med internasjonale nedrustings- og ikkje-spreiingsdokument, og ser på full gjennomføring og streng verifisering av desse som svært viktig. Vi erkjenner likevel at spreiing, som per i dag utgjer risikoar for alliansen, framleis kan skje trass i vår førebyggjande innsats, og kan utgjere ein direkte militær trussel mot allierte befolkningar, territorium og styrkar. Vi forpliktar oss til å halde fram med å forbetre alliansen si forsvarsevne mot ABC-våpen, som Seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål (DGP) yter eit viktig bidrag til innanfor sitt mandat.
27. Risikoane i tilknyting til spreiing er ein nøkkelkomponent i det endra tryggingsmiljøet etter 1991, og vi vil sikre at strategien og planlegginga vår tek fullt omsyn til dette. Vi merkte oss med uro spreiingstendensar i den seinare tid som pågår framleis, og som understrekar behovet for å stå rusta mot den aukande spreiingstrusselen.
28. Vi ser med glede på framgangen dei militære NATO-styresmaktene gjer når det gjeld å setje i verk alliansen sine retningsliner for militære operasjonar i miljø med ABC-våpen, som vil lette tilpassinga av NATOs operasjonelle doktrine, konsept og planar og setje fokus på opplæring og øvingar i samband med farane ved ABC-våpen og leveringsmidla for slike våpen. DGP vil rådføre seg og samarbeide vidare med partnarland om forsvarsinnsatsen mot farane ved ABC-våpen og leveringsmidla for slike våpen, og sjå nærare på sannsynlege område for vidare samarbeid.
29. Vi merkjer oss òg det arbeidet DGP gjer for å få gjennomført ein omfattande analyse av framgangen alliansen har gjort med å intensivere og utvide NATOs forsvarsinnsats mot spreiingsrisikoane sidan Brussel-toppmøtet i 1994, og ser fram til å få ein rapport på møtet vårt til våren.
30. Tryggleiken i Europa krev breiast mogeleg samarbeid og samordning mellom deltakarstatar og europeiske og transatlantiske organisasjonar. Vi minner om at OSSE er spesielt godt eigna som forum for auka samarbeid og samhandling mellom slike gjensidig forsterkande organisasjonar og institusjonar, og gler oss over OSSE-initiativet om å utvikle Plattform for tryggleik i samarbeid innanfor tryggingsmodellen for det 21. hundreåret for å styrkje det ikkje-hierarkiske samarbeidet mellom tryggingsinstitusjonar. NATO støttar og har alt medverka til dette initiativet i samarbeid med andre tryggingsorganisasjonar.
31. Vi gler oss over framgangen som er oppnådd i Den felles konsultasjonsgruppa (JCG) i retning av å tilpasse CFE-avtalen til det endra tryggingsmiljøet i Europa for å sikre vidare stabilitet i heile verkeområdet for avtalen. Som ein del av desse forhandlingane har medlemer i alliansen gjeve opplysningar om kva samla kvotereduksjonar for avtaleregulert utstyr dei er villige til å ta på seg i samanheng med ein tilpassa avtale basert på nasjonale og territorielle tak. Vi oppmodar andre partar i avtalen til å gjere det same. Alliansen er framleis forplikta til å verne om CFE-avtalen som ein hjørnestein for tryggleiken i Europa, og til å sikre at denne tilpassinga aukar tryggleiken for alle partar i avtalen. Vi oppmodar alle avtalestatar om å arbeide konstruktivt mot det mål å fullføre tilpassingsforhandlingane snarast. Til den tilpassa avtalen trer i kraft, må det sikrast at den noverande CFE-avtalen vert gjennomført og at føresegnene i denne vert respekterte.
32. I tillegg oppmodar vi om at Avtalen om opne luftrom vert ratifisert av dei partane som ikkje har gjort dette, slik at avtalen kan tre i kraft snarast råd.
33. Vi erkjenner det viktige i at Konvensjonen om forbod mot bruk, produksjon, lagring og overføring av antipersonellminer og om destruksjon av slike miner vart opna for underteikning 3. desember 1997 i Ottawa, Canada. Kva verknad denne avtalen får for NATO, vil bli nøye vurdert i månadene framover. Vi vil gjere det som trengst for å sikre at dei nasjonale pliktene konvensjonen inneber, er i samsvar med våre plikter etter Atlanterhavspakta. Vi gler oss over den innsatsen som er gjort på nedrustingskonferansen for å få kontroll med bruken av antipersonellminer, og oppmodar nedrustingskonferansen om å intensivere innsatsen for å få i stand eit internasjonalt dokument som alle land kan etterleve.
34. Vi ser med glede på at Den russiske føderasjonen har ratifisert Konvensjonen om kjemiske våpen, då dette er eit stort steg for å styrkje det totale, globale og verifiserbare forbodet mot kjemiske våpen. Vi gratulerer Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, som no er i gang med arbeidet sitt. For å fremje ikkje-spreiing av kjemiske våpen på verdsbasis oppmodar vi alle statar som enno ikkje har tiltrådd Konvensjonen om kjemiske våpen om å gjere dette snarast råd.
35. Vi ser med glede på utfallet av konsultasjonane som nyleg vart haldne mellom USA og Russland med sikte på å framskunde nedrustingsprosessen, og ser fram til at Den russiske føderasjonen omgåande ratifiserer START II. START II vil vere eit viktig bidrag til internasjonal tryggleik ved at avtalen reduserer talet på utplasserte russiske og amerikanske strategiske atomstridshovud med 40 prosent, og eliminerer interkontinentale ballistiske rakettar (ICBM) med fleire stridshovud. Når START II trer i kraft, vil det òg gjere det mogeleg å starte forhandlingar om START III, som ytterlegare vil redusere dei strategiske atomstyrkane og lansere dei første tiltaka mot lagring av strategiske atomtridshovud. Vi oppmodar Russland om å oppfylle dei lovnadene president Boris Jeltsin gav i 1992 om ein vesentleg reduksjon i dei russiske lagra av taktiske kjernevåpen.
36. Vi minte om at stats- og regjeringssjefane våre har stadfesta at dei legg stor vekt på ordningane i alliansen for konsultasjonar om truslar i vidare forstand, mellom anna i samband med ulovleg våpenhandel og terrorisme, som påverkar tryggingsinteressene til alliansen, og at dei streka under behovet for mest mogeleg effektivt samarbeid i samsvar med nasjonale lovverk for å førebyggje og slå ned denne plaga.
37. Vi godkjende ein rapport som avsluttar første fasen i ein større studie som Konferansen av materiellavdelingssjefane i dei nasjonale forsvarsdepartementa (CNAD) har gjort av den framtidige rolla til NATO på materiellområdet, der tanken er å konsentrere materiellaktivitetane meir om NATO sine nøkkelbehov og om forbetra samverknad. Vi ser fram til at studien vert fullført i november neste år. Vi legg framleis stor vekt på det arbeidet CNAD gjer med sikte på å oppfylle det svært viktige behovet for ein minste nødvendig NATO-eigd og NATO-driven kjernekapasitet supplert av samverkande nasjonale ressursar. Vi merkjer oss alternativa som hittil er vurderte, og ser med glede på at materiellavdelingssjefane er bestemte på å søkje intensivt etter nye konsept og innkjøpsalternativ for å stette behovet for eit komplett bakkeovervakingssystem, idet det vert teke rimeleg omsyn til eit luftsegment samansett av ein NATO-eigd og NATO-operert kapasitet og samverkande nasjonale ressursar, og eit NATO-eigd bakkesegment med open arkitektur. Vi ser fram til eit oversyn over resultatet av arbeidet i årsrapporten deira til vårmøtet vårt i 1998.
38. Vi ser fram til revisjonen av Luftforsvarsprogrammet som Luftforsvarskomiteen i NATO skal gjennomføre. Vi legg òg vekt på arbeidet som er igangsett av Komiteen for europeisk luftromkoordinering, særleg med omsyn til samverknaden mellom Luftkommando- og kontrollsystemet (ACCS) og det europeiske harmoniseringsprogrammet for sivil lufttrafikk, der det endelege målet er auka tryggleik i heile det europeiske luftrommet. Vi merkjer oss at CNAD nyleg la fram sitt forslag til tilpassing av alliansen sitt framtidige ACCS slik at det om nødvendig kan utføre oppgåver innan taktisk rakettforsvar, og vi ser fram til å motta tilrådingane frå NATOs luftkommando- og kontrollorganisasjon om dette. Vi ser òg fram til at vi denne våren skal motta ein detaljert plan som identifiserer dei tiltak, vedtaksdokument og ressursar som trengst for å etablere program for lagdelt taktisk ballistisk rakettforsvar innanfor NATO.
39. Vi gler oss over dei praktiske tiltaka for forsvarssamarbeid med partnarar som NATOs materiellfellesskap alt har sett i verk, mellom anna at materiellgrupper gradvis vert opna for partnardeltaking og at det vert arbeidd for å etablere ein dialog mellom forsvarsindustriane i NATO-land og partnarland.
40. Den omfattande tilpassinga av NATO vil halde fram. Dei intensiverte førebuingane til integrasjon av dei tre inviterte; den jamne framgangen som er oppnådd i tilpassinga av NATOs indre strukturar for å sikre alliansens militære effektivitet, bevare det transatlantiske sambandet og byggje den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen; den vellukka opninga mot partnarar; utviklinga av ein sterk, stabil og varig partnarskap med Russland og ein eigen partnarskap med Ukraina; den forbetra dialogen med middelhavslanda; engasjementet i Bosnia-Hercegovina - alle desse vidtrekkande tiltaka vitnar om at alliansen er like vital som før som krumtapp for tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området.
1.7 KOMMUNIKÉ FRÅ MINISTERMØTA I FORSVARSPLANLEGGINGSKOMITEEN OG DEN KJERNEFYSISKE PLANLEGGINGSGRUPPA, BRUSSEL, 2. DESEMBER 1997
1. Forsvarsplanleggingskomiteen og Den kjernefysiske planleggingsgruppa i Atlanterhavspakta sin organisasjon var samla til ministermøte i Brussel den 2. desember.
2. Madrid-toppmøtet gjekk eit steg vidare i den omfattande omforminga av alliansen, mellom anna med å tilpasse forsvarskapasitetane og den militære strukturen i NATO til å kunne ta på seg alle alliansen sine roller og oppdrag. Ein militært effektiv allianse vil også i framtida vere avgjerande for tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området.
3. Vi stadfester difor at vi er fast bestemte på å sikre at våre individuelle og kollektive militære kapasitetar er effektive og samordna og kan fylle heile oppdragsspekteret til alliansen, også kjernefunksjonen med kollektivt forsvar. I denne samanhengen er planleggingssystemet for det kollektive forsvaret framleis eit avgjerande element. I tillegg til å syte for avskrekking og kollektivt forsvar må det no også vere fleksibelt nok til å oppfylle behova i eit tryggingsmiljø som er i endring og vert stadig meir komplekst.
4. Forsvarsplanleggingssystemet har vist seg verdifullt som eit middel til å førebu inviterte nasjonar på medlemskap i NATO. Det spelar ei sentral rolle i å førebu Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen på dei militære oppgåver og plikter medlemskap i alliansen vil medføre. Vi er tilfreds med at dei tre inviterte har sagt seg budde på å yte tilbørlege og vesentlege militære bidrag til alliansen når dei tiltrer, og til å delta fullt ut i forsvarsplanleggingssystemet. Vi merkte oss ein rapport om styrkestrukturane og styrkeplanane deira, der det òg går fram kva styrkar dei aktar å stille til rådvelde for alliansen når dei tiltrer. Vi slutta oss også til ei rettleiing i prosessen med å utarbeide styrkemål saman med dei tre inviterte; desse skal vere klar innan neste vår og ta føre seg område der det krevst vidare arbeid, i første rekkje med vekt på å setje styrkane til dei inviterte i stand til å operere saman med alliansen sine.
5. Vi har gått gjennom nasjonale forsvarsplanar for perioden 1988-2002 og seinare, og har vedteke ein fireårig styrkeplan som vil sikre at forsvarsplanane våre framleis er i tråd med dei krav den omskiftelege tryggingssituasjonen stiller. Vi har konkludert med at strykestrukturen vår framleis er fullt i stand til å stette krava til kjernefunksjonane, avskrekking og kollektivt forsvar, også for Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen når dei tiltrer. Alliansestyrkane vil bli vidare tilpassa for å kunne reagere betre på risikoane og dei potensielle truslane som spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen utgjer. Dei vil òg, utan å gje avkall på evna til å utføre operasjonar etter artikkel 5, bli tilpassa i takt med den auka sjansen for at dei kan bli sette inn i operasjonar utanom artikkel 5, som i aukande grad kan bli utførte i samarbeid med partnarane våre. I denne samanhengen vert det arbeidd vidare med å få betre oversikt over styrkar som kan setjast inn i slike oppdrag. Vi har ved hjelp av NATOs forsvarsplanleggingssystem også vurdert dei militære krava til VEU-operasjonar og kva styrkar og kapasitetar som kan vere tilgjengelege for å oppfylle desse krava, og vi aktar å arbeide vidare med dette. Etter som alliansen held fram med å tilpasse styrkestrukturen sin til nye omstende, streka vi under behovet for å setje av tilstrekkelege ressursar til å sikre at dei slankare militære kapasitetane våre er godt bemanna, utstyrte og trena.
6. Vi sette pris på ein presentasjon ved forsvarsministeren i USA om utsiktene for ratifikasjon av den andre avtalen om reduksjon av strategiske våpen (START II). I denne samanhengen gledde vi oss over avtalane som vart underteikna av utanriksministrane Albright og Primakov den 26. september om å betre utsiktene for russisk ratifikasjon av START II. Vi gav uttrykk for håp om at Den russiske føderasjonen vil ratifisere START II snarast, slik at fordelane med avtalen kan haustast og forhandlingar om START III ta til snart.
7. Vi gledde oss òg over eit anna avtalesett som vart underteikna 26. september mellom USA og Den russiske føderasjonen, Kviterussland, Kasakhstan og Ukraina, og som gjeld avtalen om antiballistiske rakettar (ABM-avtalen) av 1972 og forsvar mot ballistiske kortdistanserakettar. Til saman vil desse avtalane sikre eksistensen til ABM-avtalen, som har vore eit viktig element i den strategiske stabiliteten i over 25 år. Vi støttar fullt ut målsetjinga om at avtalen om fullstendig prøvestans må tre i kraft snarast råd, og oppmodar difor alle statar om å underteikne og ratifisere avtalen utan opphald. Vi legg òg framleis stor vekt på at det snart vert sett i gang forhandlingar om ein avtale om leveringsstans for spaltbart materiale.
8. Vi gledde oss over at det er sett i gang gjensidig utveksling mellom russiske og amerikanske kommandohavarar for strategiske styrkar, og merkte oss at øvstkommanderande for dei amerikanske strategiske styrkane nyleg besøkte russiske kjernefysiske installasjonar. Vi fekk presentert status for dei russiske taktiske kjernevåpenstyrkane. Vi ser fram til konsultasjonar om kjernevåpenspørsmål med Russland i Det permanente fellesrådet. Vi sa oss på nytt overtydde om at denne dialogen vil vere med på å gje auka innsyn og betre forståing for kjernevåpna si rolle i tryggingsstrategiane til NATO og Den russiske føderasjonen.
9. Vi stadfesta at kjernevåpenstyrkar framleis spelar ei vesentleg rolle i NATO sin strategi og at hovudformålet med dei er politisk: å tryggje freden og hindre tvang og alle former for krig. Ved å sikre uvissa om korleis dei allierte vil reagere på aggresjon, demonstrerer dei at aggresjon ikkje er noko rasjonelt alternativ i noka form. Endringane i NATOs politikk og disposisjonar med omsyn til kjernevåpen sidan slutten på den kalde krigen er av dei mest radikale i omforminga av alliansen. Sidan 1991 har NATO redusert og omdisponert kjernevåpenlagra sine i takt med det endra tryggingsmiljøet. Atomstridskreftene i alliansen er ikkje retta inn mot noko land, og NATO har redusert talet på fly med dobbel kapasitet og senka beredskapen for desse.
1.8 KOMMUNIKÉ FRÅ UTANRIKSMINISTERMØTET I DET NORDATLANTISKE RÅDET, BRUSSEL, 16. DESEMBER 1997
1. På toppmøtet i Madrid 8. og 9. juli gjorde stats- og regjeringssjefane våre historiske vedtak om å omforme alliansen. Vi gler oss i dag over den gode framgangen alliansen har gjort for å setje denne vidtrekkande visjonen ut i livet. Det kan særleg nemnast at:
vi i dag vil underteikne protokollar om tiltreding til NATO for Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen;
vi har slutta oss til politisk-militær rettleiing for utarbeiding av alternativ for eit framtidig NATO-leia militært nærvære i Bosnia-Hercegovina etter at SFOR-mandatet går ut;
det er gjort god framgang med langtidsstudien og at det er oppnådd semje om ein ny kommandostruktur samla sett, og særleg om type, tal og plassering av hovudkvarter.
Vidare at:
vi vil samarbeide nært med dei tre inviterte landa dei kommande månadene på grunnlag av dei vellukka tiltredingssamtalane i år, og vil arbeide for ein snarleg ratifikasjon av tiltredingsprotokollane;
vi har gjort ferdige dei første overslaga over ressurskonsekvensane ved at dei tre landa tiltrer, og har stadfesta at kostnadene vil vere overkommelege;
vi ser fram til å føre intensiverte samtalar i januar 1998 med dei nasjonane som ynskjer NATO-medlemskap eller som av andre grunnar ynskjer å føre ein dialog med NATO om medlemskapsspørsmål;
vi til fulle aktar å realisere potensialet til Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC), som har opna nye konsultasjons- og samarbeidskanalar til partnarland, og potensialet til det forbetra Partnarskap for fred (PFP) ved å gje større rom for partnarskapsaktivitetar;
vi med stor styrke vil gå vidare i konsultasjonane og samarbeidet med Russland under leiing av Det permanente fellesrådet NATO - Russland, og ser fram til iverksetjinga av arbeidsprogrammet for 1998;
vi gjennom Samarbeidsgruppa for Middelhavet har gjennomført ein ny runde med individuelle dialogar med våre seks dialogpartnarar i Middelhavsområdet, og sett opp eit arbeidsprogram for samarbeidet;
vi gler oss over den gode framgangen i den indre tilpassinga og rosar framgangen i den vellukka gjennomføringa av mobile og fleirnasjonale fleirbrukseiningar (CJTF-konseptet);
vi er tilfreds over å merkje oss at det er gjort god framgang i utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen;
vi vil arbeide konstruktivt for at forhandlingane om tilpassing av CFE-avtalen skal bli fullførte snarast råd med sikte på auka tryggleik og stabilitet, og har lagt fram forslag for å få til dette.
2. Målet vårt er å forsterke freden og stabiliteten i det euroatlantiske området på grunnlag av solidariteten og samhaldet i alliansen som speglar seg i vårt felles engasjement for kollektivt forsvar som ein kjernefunksjon, i oppretthaldinga av eit sterkt transatlantisk samband, ein ny samarbeidspartnarskap med andre euroatlantiske nasjonar, oppbygginga av ESDI innanfor NATO og ein allianse med effektivitet til å ta på seg heile sitt spekter av oppdrag.
3. Med dette som mål er NATO-utvidinga ein del av ein omfattande prosess. Denne omfattar ikkje berre vedtaket til stats- og regjeringssjefane våre om å invitere Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen til tiltredingssamtalar med NATO, men inneber òg eit NATO som framleis vil vere ope for nye medlemer i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten; breitt samarbeid med partnarar i EAPC og det styrkte Partnarskap for fred; ein sterk, stabil og varig partnarskap med Russland; ein eigen partnarskap med Ukraina og ein forbetra dialog med middelhavslanda.
4. Vi mottok ein rapport frå generalsekretæren om den vellukka fullføringa av tiltredingssamtalane med Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen. Seinare i dag vil vi underteikne tiltredingsprotokollane deira, og ser fram til at våre respektive land ratifiserer tiltredingsprotokollane i tide til at dei tre inviterte statane kan tiltre Atlanterhavspakta innan 50-årsjubileet for alliansen i april 1999. Vi er overtydde om at desse tiltredingane vil verke positivt inn på tryggleiken og effektiviteten i alliansen. Vi er nøgde med dei grundige og detaljerte førebuingane dei tre nasjonane har gjort før tiltredingssamtalane. Vi gler oss over at dei inviterte landa har stadfesta sin vilje til å ta på seg dei rettar og plikter NATO-medlemskap medfører og å oppfylle dei politiske krava i samband med dette. Dei har stadfesta at dei aktar å delta fullt ut i militærstrukturen og den kollektive forsvarsplanlegginga i NATO, og at dei med sikte på å ta del i heile spekteret av allianseoppdrag stiller hovudtyngda av dei væpna styrkane sine til disposisjon for alliansen. Alle tre gjev si fulle støtte til at alliansen vert verande open for nye medlemer i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten, slik det er gjort nærare greie for i paragraf 8 i erklæringa frå toppmøtet i Madrid.
Vi vil gradvis, i størst mogeleg omfang og når omstenda tilseier det, engasjere dei inviterte i alliansen sine aktivitetar for å førebu dei på å ta på seg dei oppgåver og plikter medlemskapen inneber. I samband med dette gler vi oss over framlegget om ved hjelp av verktøy og mekanismar frå Partnarskap for fred å utarbeide eit samarbeidsprogram med dei tre landa som er omfattande og sikrar innsyn i multilaterale og bilaterale bistandsprogram.
5. Som stats- og regjeringssjefane våre stadfesta på Madrid-toppmøtet, vil opptak av nye medlemmer ha ressursmessige konsekvensar for alliansen. Vi merkte oss ein rapport om ressursimplikasjonane av at dei tre inviterte tiltrer, med særleg vekt på samfinansierte budsjett. Rapporten gjev eit første overslag over dei kostnadene som er aktuelle for samfinansiering, og konkluderer med at dei vil utgjere rundt 1,5 milliardar USD over ein tiårsperiode. Av dette vil 1,3 milliardar USD gå til NATOs program for tryggingsinvesteringar.
Alt i alt har analysen av ressursimplikasjonane av opptaket av dei tre nye medlemene gjeve stats- og regjeringssjefane våre rett i si tiltru til at alliansen sine kostnader med opptak av dei tre inviterte landa vil vere overkommelege slik tryggingssituasjonen er i dag og så langt fram vi kan sjå, og at ressursane som trengst for å dekkje desse kostnadene vil vere tilgjengelege. Analysen konkluderer òg med at dei tilgjengelege og planlagde militære styrkane og kapasitetane til dei noverande allierte og dei tre inviterte er tilstrekkelege til fullt ut å sikre det kollektive forsvaret av alle medlemer i den utvida alliansen slik tryggingssituasjonen er i dag og så langt fram vi kan sjå. Vi er tilfreds over å merkje oss at Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen også vil yte verdifulle bidrag til alliansen si evne til å utføre alle aktuelle typar oppdrag. Dei tiltredande landa vil påta seg alle rettar og plikter i tilknyting til medlemskap, og er førebudde på å bere dei byrdene dette medfører. Dei har planar om å auke forsvarsutgiftene sine vesentleg og å dekkje sin naturleg del av dei samfinansierte alliansebudsjetta.
6. Vi er forpliktar oss framleis til den pågåande utvidingsprosessen på dei vilkår som er fastsette i paragraf 8 i erklæringa frå Madrid-toppmøtet, der stats- og regjeringssjefane våre klart stadfesta at NATO held døra open for nye medlemer i samsvar med artikkel 10 i Atlanterhavspakta, og gler oss over den verdifulle innsatsen til land som aspirerer til medlemskap. Med dette som mål vidarefører vi det aktive samarbeidet med land som har sagt seg interesserte i NATO-medlemskap og med dei som måtte søkje å bli medlemer i framtida. Vi vil oppmuntre dei til vidare aktiv deltaking i Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred. Vi vil òg føre vidare den intensiverte dialogen med dei landa som søkjer NATO-medlemskap eller av andre grunnar ynskjer å føre ein dialog om medlemskapsspørsmål. I samband med dette har vi vedteke nærare vilkår for korleis dei intensiverte dialogane skal førast vidare. Desse dialogane har alt teke til, og vil dekkje heile spekteret av politiske, militære, finansielle og tryggingsrelaterte spørsmål i samband med eventuell NATO-medlemskap, utan å vere bindande for ei eventuell seinare avgjerd. Vi vil halde denne prosessen under kontinuerleg oppsyn, og ser fram til gjennomgangen av utvidingsprosessen som vil finne stad på møtet mellom stats- og regjeringssjefane våre i 1999. Vi pålegg Det permanente rådet å rapportere til oss om dei intensiverte dialogane på vårmøtet.
7. Gjennom vedtak på Madrid-toppmøtet og ministermøta i Sintra tidlegare i år vart Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) oppretta som eit overordna forum for å utvide dei politiske og tryggingsmessige dimensjonane ved partnarskapen og det praktiske samarbeidet innanfor Partnarskap for fred. Vi ser fram til møtet med kollegaene våre i EAPC i morgon. EAPC vil utdjupe og fokusere konsultasjonane og samarbeidet på det politiske og tryggingspolitiske området og auke innsynet mellom dei 44 medlemsstatane. For vår del vil vi halde fram med å utvikle EAPC som eit handlingsretta forum med praktiske samarbeidsoppgåver på saklista. Med dette for auget ser vi fram til å godkjenne handlingsplanen for EAPC for åra 1998-2000 saman med partnarane våre.
8. Vi er nøgde med framgangen som er oppnådd i gjennomføringa av grunnlagsdokumentet for EPAC sidan vart vedteke i Sintra i mai i fjor. Vi gler oss over dei stadig djupare konsultasjonane om politiske og tryggingsrelaterte spørsmål, mellom anna dei som har funne stad i eit avgrensa format mellom alliansen og opne grupper av partnarar for å fokusere på funksjonelle saker, eller, på ad hoc-basis, på aktuelle regionale saker. Vi er òg tilfreds med å merkje oss det aukande talet på samarbeidsaktivitetar i regi av EAPC, som er baserte på inkluderande og sjølvdifferensierande prinsipp, mellom anna på område som forsvarsøkonomi, vitskap, forsvarsrelaterte miljøspørsmål, samarbeid om fredstrygging og sivil kriseberedskap. Vi gler oss over at stadig fleire partnarar opprettar diplomatiske stasjonar hos NATO i samsvar med Brussel-avtalen.
9. Partnarskap for fred er framleis hovudarenaen for samarbeid med partnarane om å utvikle nye praktiske samarbeidsmønster over eit breitt spekter av tryggingsspørsmål. Vi er nøgde med framgangen som er gjort sidan møtet vårt i Sintra i mai. Vi ser med glede på vedtaka om å opprette PFP-stabselement på strategisk og regionalt nivå i den militære kommandostrukturen til NATO, og merkjer oss at forsvarsministrane har bede om ein rapport til mai 1998 om utsiktene til at slike kan opprettast også på subregionalt nivå. Vi ser òg med glede på framlegga til vidare utvikling av planleggings- og revisjonsprosessen og opprettinga av internasjonale militære postar for partnarar ved Koordineringscella for partnarskapen. Vi er tilfreds over å merkje oss utpeikinga av dei første PFP-prosjekta som vil få støtte gjennom NATO sitt tryggingsinvesteringsprogram, og at ein saman med partnarar har sett i gang arbeidet med å utvikle ei politisk-militær ramme for NATO-leia operasjonar. Vi inviterer alle partnarland til å dra full nytte av det høvet dei no har til å komme nærare alliansen gjennom det forbetra PFP.
Vi ser fram til at vi på møtet i morgon saman med partnarane våre skal slutte oss til ideen om å opprette eit euroatlantisk samordningssenter for katastrofetiltak og ei euroatlantisk katastrofeberedskapseining.
Vi gjev Det permanente rådet i oppgåve å auke ytterlegare effektiviteten til Det euroatlantiske partnarskapsrådet og det forbetra Partnarskap for fred, i samarbeid med partnarane, og å rapportere til oss på vårt neste møte.
10. Partnarskap for fred har vist seg verdifullt ved å medverke til auka stabilitet i Europa gjennom den spesialbistanden alliansen framleis yter i Albania, innanfor rammene av PFP og som ei vidareføring av røynslene med den italiensk-leia fleirnasjonale vernestyrken, for å atterreise dei væpna styrkane i landet etter krisa tidleg i 1997. Vi gler oss over den frivillige innsatsen fleire land har gjort i Albania.
11. Underteikninga av grunnakta mellom NATO og Russland i Paris i mai markerte innleiinga til eit fundamentalt nytt tilhøve mellom NATO og Russland. Vi er nøgde med at samrådingane i Det permanente fellesrådet (PJC), som vart oppretta med grunnakta, no utviklar seg til praktisk samarbeid på grunnlag av arbeidsprogrammet for 1997 som vi vedtok saman med utanriksminister Primakov på det første ministermøtet i PJC i september. Sidan dette er NATO og Russland komne langt i å opprette det djupare tilhøvet som grunnakta føreset. NATO og Russland har rådført seg med kvarandre om mange av dei spørsmåla som er sentrale for tryggleiken i det euroatlantiske området, mellom anna situasjonen i Bosnia-Hercegovina og vidare gjennomføring av fredsavtalane, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og gjennomføring av fredstryggingsoperasjonar. Vi er oppmuntra av framgangen i arbeidsgruppene for sivil kriseplanlegging, fredstrygging og forsvarsomlegging. Vi gler oss over det engasjementet Russland har vist i det breie spekteret av samarbeidsaktivitetar, mellom anna utviklinga av eit aktivt individuelt partnarskapsprogram i samanheng med PFP og utpeikinga av ein russisk representant til NATO-hovudkvarteret. Dette vil vere byrjinga på eit nytt kapittel i forsvarsrelatert og direkte militært samarbeid mellom NATO og Russland.
Vi ser difor fram til det andre møtet med utanriksministeren i Den russiske føderasjonen i morgon innanfor Det permanente fellesrådet. På dette møtet reknar vi med å vedta eit handfast arbeidsprogram for 1998 som ytterlegare vil utdjupe samarbeidet oss imellom og styrkje den gjensidige tilliten. Vi ser særleg fram til å forsterke NATO sin informasjonsinnsats i Russland, og vi reknar med å opne eit NATO-dokumentasjonssenter i Moskva, slik grunnakta føreset, innan 31. januar 1998. At det i rett tid vert oppretta militære kontaktorgan på ulike nivå, slik det er føresett i grunnakta, vil tene føremåla med grunnakta. Vi oppmuntrar Russland til å spele ei aktiv rolle i EAPC og det forbetra PFP.
Aktivitetane i Det permanente fellesrådet vil gå føre seg på gjensidig og ope grunnlag. Vi innleier med dette ein ny epoke i dei europeiske tryggingsrelasjonane, og forpliktar oss fullt ut til å samarbeide med Russland om å realisere føresegnene og potensialet i grunnakta.
12. Charteret for ein eigen partnarskap mellom NATO og Ukraina, som vart underteikna av dei allierte stats- og regjeringssjefane og president Kutsjma under Madrid-toppmøtet, er ei understreking av at alliansen ser på Ukraina som eit land som har ei nøkkelrolle å spele når det gjeld tryggleiken i Europa. Vi strekar under som vår faste oppfatning at Ukrainas suverenitet, økonomiske framgang og status som ikkje-kjernevåpenstat er nøkkelfaktorar for tryggleik og stabilitet i Sentral- og Aust-Europa og på kontinentet elles.
Vi er forplikta til å lansere eit rikt og variert program for rådføring og samarbeid med Ukraina. Vi gler oss over den gode framgangen som alt har skjedd i så måte sidan charteret mellom NATO og Ukraina vart oppsett, på grunnlag av element som i første omgang vart avtala av NATO-Ukraina-kommisjonen den 10. oktober 1997. Vi ser fram til gjennomføringa av arbeidsplanen for samarbeidet NATO-Ukraina i 1998, som vi saman med den ukrainske utanriksministeren Udovenko vil slutte oss til seinare i dag når NATO-Ukraina-kommisjonen møtest for første gong på ministernivå. Vi ser ved dette høvet òg fram til underteikninga av eit memorandum mellom NATO og Ukraina om sivil kriseplanlegging og katastrofeberedskap. Vi vil halde fram med å støtte ein aktiv informasjonsinnsats i Ukraina gjennom NATOs informasjons- og dokumentasjonssenter i Kiev.
Vi gler oss òg over at Ukraina aktar å spele ei aktiv rolle innanfor Det euroatlantiske partnarskapsrådet og det forbetra PFP. Vi samarbeider med Ukraina om utviklinga av eit meir fokusert individuelt partnarskapsprogram. Vi er nøgde med dei første stega vi har teke saman med Ukraina for å setje denne nye partnarskapen ut i livet. Vi ser fram til vidare framgang i 1998 og framover.
13. Vi vier framleis stor merksemd til Middelhavsregionen, sidan tryggleiken for heile Europa heng nært saman med tryggleik og stabilitet i dette området. Dialogen med middelhavslanda har utvikla seg stegvis, og såleis medverka til å styrkje tryggleiken og stabiliteten i regionen. Middelhavsdialogen er ein viktig komponent i alliansens politikk for utoverretta arbeid og samarbeid. Vi gler oss over framgangen som er gjort av Samarbeidsgruppa for Middelhavet, oppretta på Madrid-toppmøtet, som har det overordna ansvaret for middelhavsdialogen under leiing av Det nordatlantiske rådet, og utvidinga av dialogane med våre middelhavspartnarar, også i eit 16+1-format. Vi gler oss òg over opprettinga av eit tilstrekkeleg finansiert arbeidsprogram for samarbeidsaktivitetar, som vil vere med på å byggje tillit gjennom samarbeid om tryggingsrelaterte spørsmål, og vi gjev Det permanente rådet i oppgåve å leggje fram ein framdriftsrapport neste år om gjennomføringa dette.
14. Vi ser det som svært viktig at prosessen med indre tilpassing av alliansen kan fullførast snart og med godt resultat, på grunnlag av vedtaka som vart gjorde i Berlin og Brussel i 1996 og seinare. Dei grunnleggjande måla med denne tilpassinga er å syte for at alliansen framleis har full effektivitet til å ta seg av alle sine oppdrag, mellom anna kollektivt forsvar og evna til å reagere på eit breitt spekter av påkommande situasjonar, å bevare det transatlantiske sambandet og å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen.
Vi mottok ein omfattande rapport som gjer greie for framgangen som har skjedd sidan toppmøtet i Madrid på dei tre hovudområda: utviklinga av framtidig kommandostruktur for alliansen, gjennomføring av konseptet med mobile og fleirnasjonale fleirbrukseiningar (CJTF) og bygginga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen.
Det er gjort vesentleg framgang med langtidsstudien, og det er oppnådd semje om ein ny kommandostruktur sett under eitt, og særskilt om type, tal og lokalisering av nye hovudkvarter. Strukturen vil omfatte to strategiske kommandoar (SC), ein for Atlanterhavet og ein for Europa. SC Atlantic vil omfatte tre regionale kommandoar (RC), RC West (Norfolk), RC East (Norwood) og RC Southeast (Lisboa) i tillegg til STRIKFLTLANT og SUBACLANT, begge med base i Norfolk. I SC Europe er det tenkt to RC - RC North (Brunssum) og RC South (Napoli). To komponentkommandoar (CC) - CC Air (Ramstein) og CC Nav (Northwood) - vil rapportere til RC North saman med tre felles subregionale kommandoar (JSRC) - JSRC Centre (Heidelber), JSRC Northeast (Karup) og JSRC North (Stavanger). RC South vil ha kommandoen over to CC - CC Air og CC Navy (begge i Napoli) - og fire JSRC - JSRC Southeast (Izmir), JSRC Southcentre (Larissa), JSRC South (Verona) og JSRC Southwest (Madrid). Til saman vil dette representere ein reduksjon frå 65 hovudkvarter i dag til 20 i den føreslegne nye kommandostrukturen. Dei militære NATO-styresmaktene er bedne om å utarbeide ein detaljert plan for overgangen til den nye kommandostrukturen, etter forslag frå Militærkomiteen, som vil bli lagd fram for ministrane for vurdering og tilslutnad neste år.
Dei allierte gler seg over at Spania har sagt frå om at dei vil gå inn i den nye militærstrukturen i alliansen og såleis ta del i den nye kommandostrukturen som det er oppnådd semje om på dei vilkåra som er nemnde ovanfor. Med full deltaking vil Spania styrkje sitt samla bidrag til tryggleiken i alliansen, vere med på å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor NATO og styrkje det transatlantiske sambandet.
Gjennomføringa av CJTF-konseptet vil setje alliansen betre i stand til å planleggje og gjennomføre eit breitt spekter av militære operasjonar raskt og effektivt, ved hjelp av fleirnasjonale fleirbruksstyrkar som kan setjast saman og utplasserast på kort varsel. Vi er nøgde med framgangen i gjennomføringa av CJTF-konseptet, og merkjer oss at eit første prøveoppdrag alt er utført.
Vi er tilfreds over å merkje oss at arbeidet med å byggje ESDI innanfor alliansen går framover i nært samarbeid med EU. Det er utført viktig arbeid når det gjeld europeiske kommandoordningar; samråd og informasjonsdeling; utvikling av mekanismar for utpeiking, frigjeving, tilsyn og tilbakesending eller tilbakekalling av NATO sine ressursar og kapasitetar som vert stilte til rådvelde for VEU-leia operasjonar der slike ressursar og kapasitetar vert brukte; nærare vilkår for VEU-medverknad i NATO-forsvarsplanlegginga; og militær planlegging og øvingsaktivitet for illustrerande VEU-oppdrag.
Vi gler oss over den jamne styrkinga av samarbeidstilhøvet mellom NATO og VEU og det vellukka samrådet som er i gang mellom dei to organisasjonane i regi av Fellesrådet for NATO-VEU. Vi vil halde fram med å utvikle dei ordningane og prosedyrane som trengst til planlegging, førebuing, leiing og gjennomføring av VEU-leia øvingar der NATO sine ressursar og kapasitetar vert brukte. I denne samanhengen gler vi oss over at VEU har sagt seg villig til å drøfte og samordne alt ESDI-relatert arbeid på eit tidlegast mogeleg stadium, mellom anna gjennom større bruk av felles arbeidsgrupper og ved at det kan nedsetjast ad-hoc ekspertgrupper på konkrete oppgåver. I tillegg gler vi oss over vedtaka i Ministerrådet i VEU i Erfurt om å gjere VEU meir operativt i samband med krisehandtering og fredstrygginsoperasjonar (Petersberg-oppgåvene). Vi gler oss òg over resultata frå ministerrådet i VEU i Erfurt, som tek sikte på forbetra samarbeidsformer mellom VEU og NATO, til støtte for prosessen med å gjere dei politiske pålegga frå dei respektive ministerråda om til praktiske band mellom dei to organisasjonane, som særleg kan føre til ordningar for VEU-leia operasjonar der alliansen sine ressursar og kapasitetar vert brukte.
Vi gjev Det permanente rådet i oppgåve å arbeide vidare etter behov med den indre tilpassinga, og å rapportere til oss på vårt neste møte.
15. Strategikonseptet for alliansen, som vart vedteke av stats- og regjeringssjefane våre i Roma i 1991, fastset dei overordna måla til alliansen. Som utanriksministrar legg vi særleg vekt på dei vidtrekkande politiske tendensane som har gjort seg gjeldande i det europeiske tryggingslandskapet sidan 1991, og på nye samarbeidsbaserte tryggingsstrukturar som no er under oppbygging i heile den euroatlantiske regionen. Vi sluttar oss difor til det mandatet for gjennomgang og nødvendig oppdatering av strategikonseptet for alliansen som Det permanente rådet har vedteke etter pålegg frå stats- og regjeringssjefane på Madrid-møtet. Dette arbeidet vil stadfeste at vi er forplikta til det kollektive forsvaret som ein kjernefunksjon for alliansen, og til det uunnverlege transatlantiske sambandet. Vi ser fram til å få ein framdriftsrapport på neste møte om det omfattande arbeidet, som vil ta til tidleg i 1998 og bli lagt fram for stats- og regjeringssjefane på deira neste toppmøte i april 1999.
16. Vi seier oss på nytt forplikta til ytterlegare styrking av OSSE som eit hovudinstrument for tidleg varsling, konfliktførebygging, krisehandtering og rehabilitering etter konfliktar, og for auka tryggleik i samarbeid og styrking av demokrati og menneskerettar. Som døme på den viktige rolla OSSE spelar som regional ordning etter kapittel VIII i FN-charteret, kan nemnast oppgåvene det har som ei fleksibel samordningsramme for internasjonal bistand i Albania, oppdraget i Bosnia-Hercegovina, arbeidet til Minsk-gruppa og oppdraget i Kroatia som vil bli spesielt viktig i 1998 etter at UNTAES-mandatet går ut. Vi forpliktar oss til å støtte den altomfattande tilnærmingsmåten OSSE står for i tryggingsarbeidet, og likeins organisasjonen sitt arbeid med ein felles og omfattande tryggingsmodell for Europa i det 21. hundreåret, i samsvar med vedtaka frå Lisboa-møtet i 1996, der det mellom anna vert vurdert å utarbeide eit charter for europeisk tryggleik. Vi gler oss over initiativet frå den sitjande formannen om å styrkje ikkje-hierarkisk samarbeid mellom tryggingsinstitusjonar som godtek og rettar seg etter dei prinsipp og plikter som går fram av dei aktuelle OSSE-dokumenta. I samband med dette minner vi om dei påboda i Lisboa-dokumentet om at tryggingsorganisasjonar skal tillate innsyn og opptre føreseieleg, at medlemmene både kollektivt og individuelt etterlever prinsippa og pliktene som gjeld for OSSE, og at medlemskap er basert på opne og frivillige forpliktingar. Vi ser fram til eit produktivt og vellukka ministermøte i OSSE i København seinare denne veka.
17. NATO forpliktar seg framleis til fullstendig og vilkårslaus gjennomføring av fredsavtalen i Bosnia-Hercegovina og til at landet vert etablert som ein frittståande, demokratisk og multietnisk stat. Vi gler oss over framgangen som er oppnådd på mange felt, mellom anna med gjennomføring av val, nedrusting og reform og omstrukturering av politiet. I tillegg har mange flyktningar vendt tilbake. Likevel kunne mykje meir vore oppnådd om styresmaktene i Bosnia-Hercegovina hadde medverka fullt ut. Verken freden eller dei sivile institusjonane som skal verne om han, er enno sikra.
Difor sluttar vi sterkt opp om konklusjonane frå Fredsgjennomføringskonferansen (PIC) i Bonn, som siktar mot vidare framgang med å konsolidere freden. Vi støttar Den høge representanten si målsetjing om å lette gjennomføringa av fredsavtalen ved fullt ut å bruke sitt mynde til å løyse tvistar gjennom bindande vedtak, når han finn det nødvendig, i dei sakene som Fredsgjennomføringsrådet har peika ut. I denne samanhengen ser vi det òg som viktig å gjere snarleg framgang i saker som bygging av felles institusjonar, innføring av ein felles valuta og felles symbol og oppretting av eit einsarta registreringssystem for køyrety. Vi stadfester at landa våre vil halde fram med å støtte dei som støttar gjennomføringa av fredsavtalen, og å motarbeide dei som er ute etter å hindre fredsprosessen.
NATO medverkar til å konsolidere freden ved å organisere og leie ein stabiliseringsstyrke (SFOR) med deltaking av alle dei 16 allierte og 20 land utanfor NATO, mellom desse Russland og 14 andre partnarland. På møtet vårt i dag gjekk vi gjennom SFOR-operasjonen etter at tolv av dei atten månadene oppdraget skal vare, er tilbakelagde. Etter at vi sist veke rådførte oss med deltakarlanda utanfor NATO, stadfesta vi at SFOR, med atterhald om varsame justeringar, skulle førast vidare på sitt noverande styrkenivå til anna vart pålagt. Dette vil gjere det mogeleg for SFOR å halde fram med å gjennomføre mandatet sitt og støtte den sivile gjennomføringa på ein fast og upartisk måte. Vi uttrykkjer vår djupe takk til mennene og kvinnene i SFOR for den viktige innsatsen dei gjer. Vi uttrykkjer djup sympati med familiane til dei som har mist livet og til dei som er blitt skadde i freden si sak.
For å lukkast må gjennomføringa av fredsavtalen framleis gå føre seg i eit miljø av allmen tryggleik. PIC erkjende og støtta den aukande konsensusen om behovet for eit militært nærvære også etter juni 1998. PIC si vurdering var at ein slik styrke måtte gje tilstrekkeleg støtte til sivil gjennomføring, og samstundes vere lett tilgjengeleg og effektiv nok til å reagere raskt på hendingar på bakken i og over heile Bosnia-Hercegovina. Med dette for auget har vi slutta oss til politisk-militær rettleiing til dei militære NATO-styresmaktene om å utarbeide alternativ for eit NATO-leia militært nærvære i Bosnia-Hercegovina etter at SFOR-mandatet går ut. Dei militære NATO-styresmaktene vil leggje desse alternativa fram for Det permanente rådet seinast i midten av januar 1998 slik at eit alternativ kan veljast på eit tidleg stadium, etter konsultasjonar med deltakarland utanfor NATO og ei grundig vurdering av kva som vil vere situasjonen i Bosnia-Hercegovina etter at SFOR sitt mandat går ut i juni 1998.
Vi gler oss over den vedvarande utviklinga av tillits- og tryggingsskapande tiltak etter artikkel II i vedlegg IB i fredsavtalen og den vellukka gjennomføringa av avtala reduksjonar etter artikkel IV i vedlegg IB. Vi gratulerer partane med ein reduksjon på nær 6600 i talet på våpen. Vi strekar under at det er viktig å komme i gang med prosessen etter artikkel V utan opphald for å byggje vidare på det som er oppnådd under artikkel II og IV. Tiltak i denne samanhengen må ikkje setje integriteten til eksisterande rustingskontroll- og CSBM-avtalar i fare. Ein brei tryggingsdialog ville representere eit viktig element i opprettinga av regional stabilitet.
Å tryggje freden på lang sikt vil òg krevje vidare tiltak for å fremje tillit og samarbeid mellom dei væpna styrkane til Bosnia-Hercegovina og å oppmuntre til utvikling av demokratisk praksis og sentrale forsvarsmekanismar som t.d. Den faste komiteen for militære spørsmål (SCMM). NATO arrangerer no kurs for militære og sivile forsvarstenestemenn frå Bosnia-Hercegovina ved NATO-skulen for å fremje forsoning mellom dei tidlegare krigførande partane. Vi har òg bestemt oss for å lansere eit første sett av aktivitetar for tryggingssamarbeid med Bosnia-Hercegovina, der begge delane av staten og alle tre folkegruppene skal vere med. Desse aktivitetane, som vil bli koordinerte gjennom SCMM, vil i tillegg omfatte kurs, seminar og ei evaluering av korleis NATO kan hjelpe SCMM til å bli fullt ut effektiv.
Sjølv om NATO vil gjere sitt for å konsolidere freden, kviler dette ansvaret til slutt på dei demokratisk valde tenestemennene i Bosnia-Hercegovina, og på dei andre partane i fredsavtalen. Vi vil framleis stå fast på at partane i fredsavtalen fullt ut må oppfylle sine plikter, mellom anna at tiltala krigsforbrytarar vert overførte til Haag. Resultata av vala i Republika Srpska sist månad viser oppmuntrande teikn til eit ekte politisk fleirpartisystem, noko som er avgjerande for eit sterkt demokrati. Vi ser fram til ei snarleg oppretting av eit nytt styre som forpliktar seg til å gjennomføre fredsavtalen slik at folket i denne delen av Bosnia-Hercegovina kan få større nytte av freden.
Vi stadfester at NATO har ei interesse i stabilitet ikkje berre i Bosnia-Hercegovina, men òg i den omkringliggjande regionen. Vi deler uroa som kom til uttrykk under PIC når det gjeld den sterkt aukande etniske spenninga i Kosovo og andre område. Vi oppmodar dei det gjeld om å avstå frå aktivitetar som kan forverre dei eksisterande vanskane, og å streve etter løysingar som begge partar kan godta gjennom ansvarleg dialog.
18. Til liks med alle dei 30 avtalepartane forpliktar vi oss til ei vidare fullstendig gjennomføring av CFE-avtalen med tilknytte dokument, mellom anna flankeavtalen. Vi er visse på at tilpassinga av CFE vil styrkje den nøkkelrolla avtalen framleis vil spele i den europeiske tryggingsarkitekturen og som ein hjørnestein i europeisk stabilitet og tryggleik.
Semja som vart oppnådd i juli 1997 om grunnelementa i tilpassing av CFE-avtalen, var eit viktig steg i tilpassingsprosessen. Vi gler oss over at høgnivågruppa i alliansen er komen langt i arbeidet å klargjere alliansen si innstilling til virkemåten for det systemet av avgrensingar, nødvendige fleksibilitet og konsultasjonsmekanismar som den framtidige avtalen skal innehalde, med sikte på auka tryggleik og stabilitet i Europa. Framlegginga av illustrerande territorielle tak saman med grunngjeving under forhandlingane i Wien, viser på nytt at vi legg stor vekt på å komme vidare i tilpassinga av CFE og at vi er faste bestemte på å samarbeide med andre partar i avtalen. Vi vil gjere det vi kan for å få fullført forhandlingane snarast råd, slik det er føresett i tidsplanen som vart vedteken i Lisboa 1. desember 1996. Vi oppmodar andre partar i CFE-avtalen om å gå aktivt inn i forhandlingane, mellom anna ved å føreslå utstyrstak etter den tilpassa avtalen der dei vurderer kvotereduksjonar slik NATO-allierte alt har gjort. Vi håpar at denne felles innsatsen vil skape eit betre klima for samarbeid og tillit.
19. Spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen) og leveringsmiddel for slike våpen utgjer risikoar for alliansen. Hovudmålet for alliansen og medlemene er å hindre spreiing, og å bruke diplomatiske middel til å reversere spreiing som likevel måtte førekomme. Vi merkjer oss rapporten frå Felleskomiteen for spreiingsspørsmål om aktivitetane i Senior politisk-militær gruppe for spreiingsspørsmål og Seniorforsvarsgruppa for spreiingsspørsmål.
Mange av dei risikoane som spreiing av ABC-våpen fører med seg, gjeld både alliansen og partnarane. Vi vil difor føre ein dialog om dette spørsmålet innanfor rammene av EAPC og med Russland og Ukraina, med sikte på auka samarbeid for å motverke desse risikoane.
20. Vi merkjer oss med glede at gjennomføringa av konvensjon om kjemiske våpen går godt, og at talet på land som ratifiserer denne viktige avtalen er aukande. Vi gler oss særleg over at Den russiske føderasjonen ratifiserte avtalen i november. Vi oppmodar alle statar som enno ikkje har underteikna og ratifisert konvensjonen om å gjere det, og ber alle som har ratifisert om å etterleve konvensjonen fullt ut.
Vi sluttar framleis opp om freistnadene på å forhandle fram eit effektivt kontrollsystem for å styrkje gjennomføringa av konvensjonen om biologiske og toksinhaldige våpen.
Vi støttar ei snarleg iverksetjing av avtalen om fullstendig prøvestans, og ein snarleg start på forhandlingar om ein avtale om forbod mot overføring av spaltbart materiale.
Vi oppmodar igjen Den russiske føderasjonen om å ratifisere START II-avtalen snarast råd, slik at forhandlingar om START III kan ta til. I denne samanhengen gler vi oss over avtalane som vart underteikna av utanriksminister Albright og utanriksminister Primakov 26. september 1997 for å betre utsiktene til russisk ratifikasjon av START II. Vi oppmodar Russland om å oppfylle dei lovnadene president Jeltsin gav i 1992 om ein vesentleg reduksjon i landet sine lager av taktiske kjernevåpen.
Vi legg stor vekt på Avtalen om opne luftrom og ber Den russiske føderasjonen, Kviterussland og Ukraina treffe dei tiltak som trengst for at avtalen kan tre i kraft.
Vi gler oss over underteikninga i Ottawa den 3. og 4. desember 1997 av konvensjonen om forbod mot bruk, produksjon, lagring og overføring av landminer til bruk mot personell og om øydelegging av desse. Verknaden av denne avtalen for NATO vil bli grundig vurdert i månadene som kjem. Vi vil gjere det som trengst for sikre at nasjonale plikter etter konvensjonen er i samsvar med våre plikter etter Atlanterhavspakta. Vi gler oss over arbeidet som vert gjort i nedrustingskonferansen og andre fora når det gjeld personellminer, og oppmodar konferansen om å intensivere innsatsen for å oppnå framgang i dette spørsmålet.
21. Vi rosar NATOs vitskapsprogram for oppnådde resultat i arbeidet med å fremje transatlantisk samhandling og indre samhald i alliansen. Vi gler oss over arbeid som er gang for å justere programmet i takt med NATOs nye strukturar og oppgåver.
22. Vi fordømmer sterkt alle terrorhandlingar. Vi vil framleis støtte alle freistnader på å bekjempe terrorisme, og vil bruke alliansen sine ordningar for drøfting av truslar i vidare forstand som påverkar alliansen sine tryggingsinteresser. I samsvar med våre nasjonale lovverk strekar vi under behovet for mest mogeleg effektivt samarbeid for å hindre og halde nede denne plaga.
23. Vi tok med glede imot ein invitasjon frå Sambandsstatane om å vere vertskap for møtet mellom dei allierte stats- og regjeringssjefane i Washington våren 1999 i høve 50-årsjubileet for Atlanterhavspakta.
24. Ministermøtet i Det nordatlantiske rådet våren 1998 vil bli halde i Luxembourg 28. mai 1998.
1.9 ERKLÆRING FRÅ MINISTERRÅDET I DEN VESTEUROPEISKE UNIONEN, PARIS, 13. MAI 1997
I. Innleiing
1. Utanriks- og forsvarsministrane i VEU-landa møttest i Paris 13. mai 1997.
Dette ministermøtet finn stad i eit viktig år for VEU. I 1997 ser vi hendingar som vil påverke den europeiske tryggingsarkitekturen og som er særleg viktige for utviklinga i VEU:
forhandlingane som går føre seg innanfor regjeringskonferansen (IGC) i Den europeiske unionen, og som venteleg vil bli sluttførte under Det europeiske rådet i Amsterdam;
prosessen med tilpassing og utviding av NATO, som stats- og regjeringssjefane i landa i Atlanterhavsalliansen vil ta føre seg under Madrid-toppmøtet.
II. VEU er førebudd på å spele si rolle i den europeiske tryggingsarkitekturen
2. VEU har ei sentral rolle å spele i samsvar med avtalane som vart oppnådde i Maastricht og som no vert gjennomgådde på regjeringskonferansen, IGC, og vedtaka som vart gjorde i Berlin for å setje europearane i stand til å ta på seg nye oppgåver på tryggings- og forsvarsområdet i Europa og vidare, og samstundes forsterke det transatlantiske sambandet.
3. Det kan spele ei stadig meir effektiv rolle i krisehandtering, mellom anna ved å setje i verk militære og andre operasjonar. I utføringa av denne rolla kan det på Rådet sitt fulle politisk-militære ansvar bruke ressursar og kapasitetar som måtte bli stilte til rådvelde innanfor VEU på nasjonal og fleirnasjonal basis, og/eller av NATO i samsvar med ordningar som er under utarbeiding. I dette arbeidet vil det støtte seg på arbeidet til ei rekkje VEU-organ.
4. I Noordwijk i 1994 slutta ministrane seg til "Førebels konklusjonar om formulering av ein felles europeisk forsvarspolitikk", og sa seg fast bestemte på å vidareutvikle tilrådingane og vurderingane i dette dokumentet til fulle, slik at det kunne etablerast ein felles europeisk forsvarspolitikk i åra frametter.
VEU tek i første rekkje føre seg spørsmål i tilknyting til:
fastsetjing av prinsipp for bruken av VEU-statane sine væpna styrkar i VEU-operasjonar til støtte for felles europeiske tryggingsinteresser;
organisering av operative middel til bruk i Petersberg-oppgåver, særleg gjennom deltaking i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO;
styrking av det europeiske materiellsamarbeidet i WEAG.
5. VEU utgjer ei ekte ramme for dialog og samarbeid mellom europearar om europeiske tryggings- og forsvarsspørsmål i vidare forstand.
alle VEU-land er i ferd med å vidareutvikle sin felles analyse av den europeiske tryggingssituasjonen;
alle VEU-nasjonar engasjerer seg i aukande grad i operative aktivitetar for å førebu og utføre Petersberg-oppgåver;
VEU intensiverer samkvemmet med tredjeland til beste for europeisk og internasjonal tryggleik.
III. VEU held fram med å styrkje samarbeidet med Den europeiske unionen
6. Ministrane minte om at dei er forplikta til å halde fram med å utvikle VEU sitt tilhøve til Den europeiske unionen for å byggje opp VEU stegvis som forsvarskomponent i Unionen.
Ministrane såg fram til ei vellukka fullføring av IGC under Det europeiske rådet i Amsterdam. Dei sa seg på nytt villige til etter behov å medverke fullt ut til fullføringa av tryggings- og forsvarsaspekta ved IGC. Dei gav Det permanente rådet i oppgåve å ta fullt omsyn til framgangen i arbeidet i IGC og å stå klar til å utarbeide ei VEU-erklæring som kunne leggjast ved den reviderte traktaten for den europeiske unionen.
7. Ministrane merkte seg med glede at det utan skade for det pågåande arbeidet i IGC er skapt ein reell dynamikk i det operasjonelle samarbeidet mellom VEU og Den europeiske unionen. Dette har mellom anna medverka til vidare avklaring av den eksisterande mekanismen for institusjonelt samarbeid og styrkinga av samarbeidstilhøvet mellom organisasjonane. Dei merkte seg intensiveringa av samarbeidet mellom dei to organisasjonane, særleg møta i ei ad hoc VEU/EU-gruppe og eit seminar som hadde ført saman representantar for statar som høyrer til begge organisasjonane.
8. Arbeidet som er gjort med eit "modus operandi" for gjennomføring av artikkel J.4 nr. 2 i Maastricht-traktaten og med å fastsetje eit mogeleg innhald i den felles forsvarspolitikken som er nemnd i denne artikkelen, markerer ei utdjuping av samarbeidet mellom VEU og Den europeiske unionen.
Ministrane merkte seg dokumentet som føreslår korleis dei to organisasjonane kan samarbeide når Den europeiske unionen ber VEU om setje i verk tiltak etter artikkel J.4.2 i Traktaten om den europeiske unionen. Dette dokumentet er eit verdifullt bidrag som vil vere med på å lette samarbeidet mellom VEU og EU om operasjonar etter J.4.2. Ministrane uttrykte eit ynske om at dette arbeidet måtte halde fram.
Ministrane merkte seg rapporten frå presidentskapen om diskusjonen mellom VEU og EU om ein felles europeisk forsvarspolitikk. Dei gav Det permanente rådet i oppgåve å drøfte dette vidare.
9. VEU og Den europeiske unionen samarbeider òg om ei rekkje andre initiativ på tryggingsområdet.
Det er arbeidd vidare med afrikansk fredstrygging der den komplementære tilnærminga til dei to organisasjonane er ført vidare, etter oppmodinga frå EU frå desember 1995 og VEUs eigne aktivitetar på dette feltet. Ministrane merkte seg invitasjonen som er send til generalsekretæren i OAU om å gjeste VEU-hovudkvarteret.
VEU har arbeidd vidare med assistanse i humanitære landmineryddingsoperasjonar. Planleggingscella er i gang med å opprette ein database.
Ministrane merkte seg med interesse rapporten om kva lærdom som kan dragast av Mostar-operasjonen, særleg med omsyn til tilhøvet mellom VEU og EU. Ministrane gledde seg over at rapporten er oversend til EU slik at dei to organisasjonane kan gå inn i ein dialog om kva lærdom som kan dragast av felles operasjonar.
Ministrane merkte seg svaret frå VEU på førespurnaden om regionen ved Dei store sjøane som Den europeiske unionen gjorde i samsvar med artikkel J.4.2 i Traktaten om den europeiske unionen. Dei sa seg djupt uroa over den forverra situasjonen og den vedvarande humanitære krisa. Dei bad Det permanente rådet framleis halde situasjonen under nøye oppsyn.
10. Ministrane gratulerte den franske og nederlandske presidentskapen med arbeidet dei hadde gjort, på grunnlag av resultata som er oppnådde under tidlegare presidentskapar, og gav Det permanente rådet i oppgåve å styrkje dei institusjonelle og operasjonelle banda og samarbeidet med Den europeiske unionen.
IV. VEU forsterkar samarbeidet med Atlanterhavsalliansen
11. Ministrane sa seg på nytt overtydde om at det nye NATO, som finn si form gjennom ein prosess med tilpassing og reform i alliansen, og eit sterkt transatlantisk samband framleis er sentralt for stabiliteten og tryggleiken i Europa. Dei såg med glede på prosessen med tilpassing av alliansen, som må ha som eit viktig mål å byggje ESDI innanfor alliansen, noko som vil setje alle europeiske allierte i stand til å ta større ansvar for eigen tryggleik og forsvar og å yte eit meir samstemt og effektivt bidrag til oppdraga og aktivitetane til alliansen. Denne prosessen vil gjere det mogeleg å opprette militært samstemte og effektive styrkar med evne til å operere under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU og av europeiske kommandoordningar innanfor NATO.
12. Ministrane godkjende dokumentet om politisk og strategisk leiing for seinare bruk i konsultasjonsprosessen innanfor alliansen. Gjennomføringa av desse retningslinene vil vere eit viktig steg mot å setje VEU i stand til å gjere mest mogeleg effektiv bruk av ressursar og kapasitetar, mellom anna hovudkvarter, som alliansen stiller til rådvelde. Dei gledde seg over at dette dokumentet var oversendt til NATO.
13. Tilgangen til NATO sine ressursar og kapasitetar i VEU-leia operasjonar er eit viktig bidrag til utviklinga av den operasjonelle evna til VEU og framveksten av ESDI innanfor alliansen. Ministrane stadfesta det viktige i ein rammeavtale mellom NATO og VEU som skal styre overføring, tilsyn og tilbakeføring av NATO sine ressursar og kapasitetar. Dei merkte seg dokumentet om prinsipp og parametrar som må takast omsyn til i utforminga av ein slik avtale, og såg med glede på at det var oversendt til NATO.
14. I Ostende hadde ministrane uttrykt ønske om at VEU skulle bli aktivt med i forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen. Ministrane godkjende VEU sitt bidrag til NATOs ministerrettleiing for 1997, som vil fastsetje parametrane for neste forsvarsplanleggingsperiode. Dei streka under det viktige i dette første konkrete innspelet til prosessen og i det aukande samarbeidet som vil gjere det mogeleg å ta fullt omsyn til VEU sine behov i tilknyting til Petersberg-oppgåver. Dei merkte seg òg "Prinsippdokumentet om VEU-engasjement i NATO-forsvarsplenleggingsprosesen" og dokumentet "VEU og forsvarsplanleggingsprosessen for alliansen - nærare vilkår". Dei såg med glede på at desse dokumenta var oversende til NATO.
15. Ministrane gledde seg over interessa dei ikkje-allierte observatørlanda hadde vist for å delta i forsvarsplanlegging gjennom VEU for oppdrag utanom artikkel 5. Dei var samde om at desse statane skulle inviterast til å stille til disposisjon ressursar og kapasitetar til desse føremåla og å delta i VEU-arbeid i tilknyting til forsvarsplanlegging i samsvar med detaljerte prosedyrar som vert å fastsetje.
16. Ministrane merkte seg med glede at VEU hadde motteke resultata av NATO sitt innleiande arbeid med militær planlegging for illustrerande VEU-oppdrag utpeika av VEU. Dei gledde seg over denne konkrete demonstrasjonen av verdien av auka samarbeid mellom VEU og NATO.
17. Ministrane såg med glede på avtalen om europeisk alliert deltaking i VEU-operasjonar som gjer bruk av NATO sine ressursar og kapasitetar, og i planlegging og førebuing til slike operasjonar. Dei gledde seg òg over avtalen som gjev høve for observatørar til å engasjere seg i størst mogeleg omfang og i samsvar med sin status i oppfølginga av NATO-ministermøta i Berlin og Brussel innanfor NATO. Ministrane merkte seg såleis med glede at grunnlaget no var lagt for gjennomføring av vedtaka i Birmingham, Berlin og Brussel, for styrking av samarbeidstilhøvet mellom NATO og VEU, og, innanfor denne ramma, for utvikling av ESDI med full deltaking av alle europeiske allierte.
18. Ministrane gav Det permanente rådet i oppdrag å prioritere vidare samarbeid med NATO om følgjande emne:
rammeavtalen om vilkår reglar for overføring av NATO sine ressursar og kapasitetar;
ein konsultasjonsmekanisme mellom dei to permanente råda og mellom deira aktuelle underordna organ, med sikte på mogelege operasjonar og som tillegg til eksisterande ordningar;
ein avtale om nærare vilkår for samarbeid mellom VEU og NATO, slik at sistnemnde på oppmoding frå og etter samordning med VEU kan utføre militær planlegging for illustrerande VEU-oppdrag utpeika av VEU;
VEU sitt bidrag til forsvarsplanleggingsprosessen i alliansen;
og i samråd med NATO å sjå nærare på vidare aktuelle emne for behandling i gjennomføringa av NATO-ministervedtaka frå Berlin og Brussel.
19. Ministrane bad Det permanente rådet arbeide vidare for å styrkje det institusjonelle samarbeidet mellom dei to organisasjonane. Dei gledde seg over framgangen hittil, mellom anna prosedyrane som er avtale i VEU og NATO om å gjere fellesråda meir målretta og effektive, og ordningane for tettare samarbeid mellom VEU-planleggingscella og dei militære NATO-styresmaktene. Ministrane såg med glede på vedtaka som var gjorde i kvar organisasjon om å auke tempoet i utvekslinga av informasjon etter føresegnene i tryggingsavtalen NATO/VEU, såg fram til å sjå avtalen utnytta i størst mogeleg omfang, gav Det permanente rådet i oppgåve å følgje nøye med i gjennomføringa av avtalen og å ta føre seg eventuelle uteståande spørsmål i nært samarbeid med NATO der det måtte passe.
20. Ministrane merkte seg med interesse rapporten om lærdom som kan dragast av Operasjon Sharp Guard og såg med glede at han var overførd til NATO.
V. VEU er betre førebudd på å ta på seg operasjonelt ansvar
21. Dei siste seks månadene har VEU fullført viktig arbeid, noko som gjer at det no er betre rusta til å ta på seg operasjonelt ansvar.
22. Gjennomføring av Petersberg-oppgåver krev fleksible reaksjonsmåtar som er tilpassa mangfaldet av mogelege krisesituasjonar og gjer optimal bruk av eksisterande kapasitetar.
For at VEU skal ha fleire alternativ å velje mellom, godkjende ministrane dokumentet som gjer greie for organiseringa av operasjonar støtta av ein rammenasjon. Dette rammekonseptet er eit særtilfelle innanfor dei autonome VEU-operasjonane, og er utvikla for at eit europeisk hovudkvarter skal kunne opprettast ved bruk av eksisterande nasjonale eller fleirnasjonale ressursar, innanfor tidsfristar som er i pakt med dei operative krava, særleg i ekstremt prekære situasjonar.
Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å studere nærare vilkår for å setje i verk VEU-operasjonar der hovudkvarter for operasjonsleiinga vert oppretta ved hjelp av ein fleirnasjonal FAWEU.
23. Ministrane godkjende dokumentet som harmoniserer VEU sine mekanismar og prosedyrar for krisehandtering. Dette dokumentet vil utvikle seg etter kvart som VEU får meir røynsle med krisehandtering og etter kvart som banda på dette området mellom VEU og NATO på den eine sida og mellom VEU og Den europeiske unionen på den andre utviklar seg. Ministrane gav difor Det permanente rådet i oppgåve å arbeide vidare med dette.
24. Ministrane godkjende konseptdokumentet for VEU-satellittsenteret. Gjennomføringa av dette konseptdokumentet vil venteleg medverke til at det vert gjort full nytte av senteret til fordel for VEU. Særleg definerer og fastset dokumentet dei vidare prioriteringane for senteret sine oppdrag med å skaffe fram informasjon ved hjelp av satellittbilete. Ministrane gledde seg over den vesentlege utviklinga av den tekniske kapasiteten til satellittsenteret og det operative nivået det har nådd.
25. Det er gjort vesentleg framgang dei siste månadene i gjennomføringa av øvingspolitikken til VEU.
Ministrane såg med glede på den vellukka fullføringa av fase III i øvinga "CRISEX" (desember 1996), der Eurocorps var direkte involvert som ein fleirnasjonal FAWEU. Seminaret 18. og 19. mars 1997 gav eit høve til å trekkje konklusjonar og finne metodar for å forbetre kapasiteten til VEU når det gjeld krisehandtering.
Det første møtet i øvingsplanleggingskonferansen for VEU var kjenneteikna ved at alle VEU-nasjonane deltok, og resulterte i at det vart vedteke eit øvingsprogram for 1997-1998 og eit programutkast fram til år 2001. Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å overvake gjennomføringa av programmet og å oppdatere øvingsmålsetjingane og øvingspolitikken til VEU i takt med endra krav.
26. Ministrane gledde seg over at det vert arbeidd vidare med å få til utvida bruk av opplæringsfasilitetane i deira respektive land. Dei merkte seg dokumentet om "Felles bruk av opplæringsfasilitetar", som skal leggje til rette for optimal bruk av databasen som er utarbeidd av Planleggingscella og vart godkjend i Ostende. Konseptet med "opplæringsinstallasjonar som VEU disponerer og som VEU-land kan bruke på nasjonal eller kollektiv basis" vil utfylle FAWEU-ordninga.
27. Ministrane merkte seg framgangen som er oppnådd når det gjeld felles bruk av element i fleirnasjonale FAWEU.
28. Ministrane gjekk gjennom arbeidet som er i gang med det reviderte mandatet og den framtidige rolla til Planleggingscella. Dei stadfesta at dei ser det som viktig å ha ei effektiv planleggingscelle som ein militær komponent innanfor VEU-hovudkvarteret. Dei inviterte det permanente rådet til å gå arbeide aktivt vidare med dette.
29. Ministrane merkte seg med interesse den konsoliderte rapporten om lærdomen av VEU-operasjonane ved Donau.
30. Ministrane såg med glede på at Canada er interessert i å ta del i VEU-operasjonar der alliansen sine ressursar og kapasitetar vert brukte, når dette er av felles interesse.
31. Ministrane merkte seg med interesse rapporten frå presidentskapen om forsvarssjefmøtet i Paris 9. og 10. april. Dei godkjende forslaget frå forsvarssjefstaben om å avklare og styrkje rolla til forsvarssjefane innanfor VEU og å forbetre funksjonen til militærdelegatane som gruppe. I tråd med dette vedtok dei å opprette ein militærkomité under Rådet, samansett av forsvarssjefstaben, fast representert ved Militærdelegatgruppa (MDG) under ein permanent leiar. Dei gav Det permanente rådet i oppgåve å utarbeide ein detaljert plan for gjennomføring av dette vedtaket. Dei bad om at framdriftsrapporten som forsvarssjefane bestilte på møtet i Paris, måtte leggjast fram for Det permanente rådet innan utgangen av juni. Dei bad rådet studere alle institusjonelle konsekvensar av dette og å leggje fram forslag til neste ministerråd om eventuell vidare tilpassing som måtte vise seg nødvendig, innanfor dei noverande politisk-militære ordningane for krisehandtering.
32. Ministrane merkte seg militære studieaktivitetar (Eurolongterm, Eurocom, Den vesteuropeiske logistikkgruppa) som er med på å styrkje den militære kompetansen innanfor VEU. Dei la særleg vekt på at Eurolongterm-gruppa måtte vidareføre og utvide arbeidet med å harmonisere dei meir langsiktige konseptuelle krava. Dei la òg vekt på at ein måtte vurdere om observatørstatar i VEU kunne delta i dei ovannemnde aktivitetane.
VI. Materiellesamarbeid
33. Som oppfølging av vedtaka i Ostende gledde ministrane seg over at styre for Den vesteuropeiske materiellorgansiasjonen vart konstituert den 7. mars 1997, og at det første operative organet (Forskingscella) trådde i funksjon 1. april 1997.
34. Ministrane sette pris på den interessa for materiellsamarbeidsaktivitetar som ei rekkje ikkje-allierte observatørar og assosierte partnarar viste, og synspunkta deira ville bli tekne omsyn til. Dei såg fram til resultata av førespurnaden forsvarsministrane i WEAG hadde retta til sine nasjonale materiellavdelingssjefar om å studere i detalj dei spørsmåla som vart tekne opp i Ostende, mellom anna ein eventuell europeisk materiellpartnarskap, og å rapporterte på neste forsvarsministermøte i WEAG med sikte på mogelege vedtak.
VII. VEU går vidare i vurderingane av europeiske tryggingsinteresser
35. Ministrane merkte seg det samanfattande dokumentet om "Tankar om europeiske tryggingsinteresser ved overgangen til det 21. hundreåret", og førte ei inngåande meiningsutveksling om dette emnet på grunnlag av arbeidet som er gjort dei siste seks månadene. Dei gledde seg over den aktive deltakinga til alle VEU-land i dette arbeidet.
36. Denne prosessen, som byggjer på og er ei oppdatering av analysen i "Felleskonseptet" (Madrid, november 1995), har funne stad i ein avgjerande tid for tryggleiken og forsvaret i Europa, og har stadfesta VEU si rolle som ei ekte ramme for dialog og samarbeid mellom europearar om europeiske tryggings- og forsvarsspørsmål i vidare forstand.
VIII. Samkvem med tredjeland
37. Ministrane minte om at det er viktig å utvikle eit samkvem med Russland som svarer til storleiken, evnene og den viktige strategiske stillinga til dette landet. Dei gledde seg over arbeidet som er gjort av Det permanente rådet for å peike ut aktuelle område for vidare samarbeid med Russland.
38. Ministrane sa seg på nytt sterkt interesserte i å utvikle samkvemmet med Ukraina, ettersom landet er ein viktig europeisk partnar for VEU. Dei slutta opp om Det permanente rådets vedtak om samkvem med Ukraina og dei aktuelle samarbeidsområda som er påpeika der.
39. Russland og Ukraina spelar ei avgjerande rolle for tryggleiken og stabiliteten i Europa. VEU har vist at det er oppteke av å utvikle harmoniske relasjonar med desse to landa. I denne ånda:
gledde ministrane seg over at det er innleidd diskusjonar med Russland og Ukraina om å stille strategiske lufttransportressursar til rådvelde, og såg fram til ei snarleg fullføring av desse diskusjonane. Dette initiativet vitnar om utviklinga i tilhøvet mellom VEU og desse landa.
inviterte ministrane Rådet til å vidareutvikle samkvemmet med Russland og Ukraina innanfor rammene av vedtaket i Det permanente rådet i mars 1995, idet ein byggjer på oppnådd framgang og konsultasjonar som er haldne sidan då.
40. Ministrane gav på nytt uttrykk for håp om at ratifikasjonsprosessen i Russland, Ukraina og Kviterussland for Avtalen om opne luftrom snart ville vere fullført.
41. Samkvemmet med middelhavsland utanfor VEU utviklar seg i eit klima av dialog, innsyn og samarbeid. Ministrane merkte seg rapporten frå Middelhavsgruppa og vedtok å halde fram med informasjonsmøta med middelhavsland utanfor VEU som er dialogpartnarar. Med sikte på å gje dialogen eit meir konkret innhald bad dei Det permanente rådet om også å sjå nærare på dei emna middelhavslanda utanfor VEU hadde uttrykt interesse for. Dei vedtok at denne saka skulle haldast under nøye oppsyn, og at det skulle takast rimeleg omsyn til Barcelona-prosessen og andre initiativ med relaterte mål, mellom anna middelhavsdialogen i NATO. Til sist stadfesta dei, med omsyn til VEU sitt bidrag til Barcelona-prosessen, at Middelhavsgruppa i VEU som svar på oppmodingar frå Den europeiske unionen vil stille sin ekspertise til disposisjon innanfor sitt allmenne mandat.
Ministrane gledde seg over at medlemsland i Eurofor og Euromarfor seier seg villige til å utvikle samarbeidstiltak med desse landa.
42. Ministrane merkte seg med glede at dialogen med Kypros utviklar seg i takt med det aukande samkvemmet mellom Kypros og Den europeiske unionen.
43. Ministrane bad Rådet halde fram med samtalane med OAU og arbeidet med fredstrygging i Afrika. Dei merkte seg i denne samanhengen at det var sendt observatørar frå VEU til den afrikanske fredstryggingsøvinga Nangbeto.
IX. Situasjonen i Albania
44. Ministrane sa seg uroa over krisesituasjonen i Albania og dei mogelege regionale verknadene av denne. Dei mana på nytt til ei politisk løysing og at det må bli halde frie og rettferdige parlamentsval innan utgangen av juni.
45. Dei gav på nytt uttrykk for det synet at europearane må ta på seg sin del av ansvaret for å løyse kriser i Europa. I denne samanhengen gledde dei seg over at den albanske krisa har vist at europearane er i stand til å gå inn med eit heilt sett av middel til krisehandtering.
46. Dei gledde seg over innsatsen som er gjort av det internasjonale samfunnet i Albania, særleg av Dei sameinte nasjonane, OSSE og EU. Dei verdsette den vedvarande innsatsen til EU og OSSE som koordinerande ramme for sivile hjelpetiltak i landet. Dei uttrykte òg si varme takk for den aktive og bestemte innsatsen frå ei rekkje europeiske land i opprettinga og utplasseringa av den fleirnasjonale vernestyrken (MPF) under italiensk leiing, med heimel i resolusjon 1101 frå Tryggingsrådet i FN.
47. Dei slutta seg til vedtaket i VEUs permanente råd om snarleg å utplassere eit fleirnasjonalt rådgjevande politielement (MAPE), som vil komplettere arbeidet til MPF og det internasjonale samfunnet elles. MAPE vil gje dei albanske politistyresmaktene nødvendige opplysningar og råd om aktuelle sider ved politiarbeid og gjenoppretting av ro og orden, og om ansvaret deira i valprosessen. VEU vil framleis følgje situasjonen nøye og støtte fullt opp om internasjonale tiltak i Albania.
X. OSSE
48. Ministrane merkte seg vedtaka frå toppmøtet i OSSE i Lisboa om tryggingsmodellen for det 21. hundreåret og stadfesta at dei er forplikta til å opprette eit felles tryggingsområde fritt for skiljeliner, der alle statar er likeverdige partnarar.
XI. Transatlantisk forum
49. Ministrane streka under at det var viktig å styrkje den transatlantiske dialogen, og i denne samanhengen gledde dei seg over Transatlantisk forum sine aktivitetar under den greske presidentskapen. Dei såg fram til den inngåande evalueringa av aktivitetane til Transatlantisk forum som gruppa skal gjere med sikte på vidare styrking av effektiviteten til forumet.
XII. Andre spørsmål
50. Ministrane merkte seg med glede arbeidet til Institutt for tryggingsstudiar, og verdsette instituttet si rolle innan konseptuell forsking, innsatsen det har gjort i refleksjonsprosessen i organisasjonen og i arbeidet med å gjere dei europeiske tryggings- og forsvarsspørsmåla kjende for akademiske krinsar og stimulere til offentleg debatt. Ministrane sa seg på nytt forplikta til gradvis å utvikle VEU-instituttet for tryggingsstudiar til eit Europeisk tryggings- og forsvarsakademi. Det ville vere ynskeleg om alle VEU-land vart meir aktivt engasjerte i arbeidet til instituttet.
51. Ministrane erkjende det verdifulle bidraget frå parlamentarikarforsamlinga i VEU til arbeidet i organisasjonen, og gledde seg over bidraget ho har ytt til debatten om tryggleik og forsvar i Europa. Dei rosa arbeidet til den avtroppande presidenten, Sir Dudley Smith, og såg med glede på utnemninga av Lluis Maria de Puig til president.
52. Ministrane gledde seg over erklæringa frå Tyskland om program for den kommande seksmånadersperioden med tysk presidentskap i VEU, som omfattar:
styrking av VEUs institusjonelle og praktiske band til EU ved å byggje på resultata frå regjeringskonferansen;
intensivering av tilhøvet mellom VEU og NATO med prioritet på gjennomføringa av dei relevante vedtaka frå toppmøte og ministermøte;
ei vidare utdjuping av engasjementet til dei assosierte partnarane, særleg i militærsamarbeidet i VEU;
styrking av dei operasjonelle kapasitetane til VEU, mellom anna rolla og funksjonen til dei militære organa i VEU.
Ministrane rosa visegeneralsekretæren, ambassadør Horst Holthoff, og takka for den verdifulle innsatsen han har gjort i utviklinga av VEU dei siste åtte åra. Dei sa seg nøgde med arbeidet hans, som på avgjerande vis hadde medverka til utviklinga av organisasjonen.
Ministrane slutta opp om vedtaket i Det permanente rådet om å utnemne ambassadør Roland Wegner til stillinga som visegeneralsekretær.
1.10 ERKLÆRING FRÅ MINISTERRÅDET I DEN VESTEUROPEISKE UNIONEN, ERFURT, 18. NOVEMBER 1997
I. Innleiing
1. Utanriks- og forsvarsministrane i VEU-landa møttest i Erfurt 18. november 1997. Før Ministerrådet i VEU møttest forsvarsministrane i dei 13 landa innanfor ramma av Den vesteuropeiske materiellgruppa (WEAG).
2. Møtet i ministerrådet i VEU vart for første gong halde i ein by bortanfor den linja som skilde folka i Europa i meir enn førti år. Ministrane nytta høvet til å stadfeste at dei er forplikta til å skape eit felles europeisk tryggingsområde, fritt for skiljeliner, der alle statar er tryggingspartnarar.
3. Dei siste månadene har Det europeiske rådet i Amsterdam og NATO-toppmøtet i Madrid gjort store framsteg i arbeidet med å forme den nye europeiske tryggingsstrukturen.
Vedtaket som vart gjort i Amsterdam om å vidareutvikle tryggings- og forsvarsdimensjonen ved Den europeiske unionen er særleg relevant for VEU ved at det etablerer eit kvalitativt forbetra tilhøve, særleg gjennom Det europeiske rådets kompetanse til å etablere retningsliner som skal gjelde for VEU i saker der unionen gjer seg nytte av VEU, og ved at det innlemmar Petersberg-oppgåvene i Traktaten om Den europeiske unionen, samstundes som VEU får oppgåva med å førebu og gjennomføre dei.
Toppmøtet i Madrid var ein viktig milestolpe med omsyn til prosessen med indre og ytre tilpassing av NATO. VEU har sidan Berlin medverka aktivt til utviklinga av ein europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) innanfor NATO, og mellom anna gjort det mogeleg å opprette militært samstemte og effektive styrkar som kan operere under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU.
4. I lys av desse vedtaka stadfesta ministrane det viktige i å halde fram med å utvikle ein ekte europeisk tryggings- og forsvarsidentitet, ESDI, og å ta større europeisk ansvar for tryggings- og forsvarssaker. Det institusjonelle tilhøvet mellom Den europeiske unionen og VEU, slik det vert etablert i Traktaten om Den europeiske unionen og forsterka gjennom Amsterdam-traktaten, gjer det saman med styrkinga av det institusjonelle samarbeidet mellom VEU og NATO mogeleg for Europa å ta hand om krisehandtering på brei front. Amsterdam-traktaten har med innlemminga av Petersberg-oppgåvene stadfesta at tilgangen til den politisk-militære VEU-kapasiteten for krisehandtering kompletterer det utvalet av reaksjonsformer, både økonomiske, diplomatiske og humanitære, som Den europeiske unionen rår over. Som ein del av denne kapasiteten er det høve til å nytte Atlanterhavsalliansen sine ressursar og kapasitetar, mellom anna dei europeiske kommandoordningane. Styrkinga av rolla til VEU som bindeledd mellom Den europeiske unionen og NATO har difor framleis høg prioritet på saklista for VEU.
5. Ministrane var vidare samde om følgjande prioritering for det framtidige arbeidet i VEU:
Dei streka under at forsterkinga av dei institusjonelle banda mellom EU og NATO som vart avtala i Amsterdam krev auka praktisk samarbeid mellom dei to organisasjonane.
Mellom Ministerrådet i Berlin og toppmøtet i Madrid er mange spørsmål rundt politikken for utviklinga av ESDI innanfor NATO løyste. Det vert arbeidd vidare med ei rekkje viktige, praktiske tiltak. Ministrane sa seg overtydde om at nye former for samarbeid mellom VEU og NATO må utviklast, slik at dei politiske retningslinene som vert formulerte av dei respektive ministerråda kan omsetjast meir effektivt i praktiske tilknytingspunkt mellom dei to organisasjonane. Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å ta denne saka opp med NATO med sikte på å rådføre seg om og samordne alt ESDI-relatert arbeid i begge organisasjonane på tidlegast mogeleg stadium, mellom anna gjennom større bruk av felles arbeidsgrupper og ved at det vert høve til å setje ned ekspertarbeidsgrupper på ad hoc-basis innanfor konkrete emne.
Ministrane delte det synet at den sentrale rolla til VEU mellom EU og NATO krev at VEU får i stand betre konsultasjon og informasjonsutveksling med begge organisasjonane. Dei gav Det permanente rådet pålegg om å føre tilsyn med dette arbeidet, med særleg vekt på samråd med EU og NATO i framtidige krisesituasjonar.
Vidare meinte ministrane at tida no er inne til å tenkje gjennom prosedyrar innanfor VEU som kan leggje tilhøva til rette for konsensusbygging, og i aktuelle tilfelle for vedtak om å gripe inn i ei konkret krise innanfor ramma av dei aktuelle føresegnene i den modifiserte Brussel-traktaten. Dei gav Det permanente rådet pålegg om å ta opp dette spørsmålet som ei prioritert sak og å rapportere om konklusjonane på det neste møtet deira, og i samband med dette å ta omsyn til diskusjonane i Det permanente rådet etter det franske framlegget om konstruktivt fråhald.
6. VEU er òg førebudd på å støtte FN og OSSE i deira krisehandteringsoppgåver.
II. Samkvem med EU
7. Ministrane streka under at VEU alt i erklæringa av 22. juli 1997, som følgjer som vedlegg til sluttakta frå regjeringskonferansen, for sin del hadde slutta seg til resultata frå IGC så langt dei vedgår organisasjonen. I denne erklæringa har ministrane stadfesta målet om å «byggje opp VEU etappevis som forsvarskomponent i EU», slik det er vidare utvikla i Amsterdam-traktaten. Dei stadfesta difor arbeidsprioriteringane som er fastsette i paragraf 7 i den nemnde erklæringa med sikte på å auke samarbeidet mellom Den europeiske unionen og VEU.
8. Ministrane var merksame på behovet for fullt ut å gjennomføre føresegnene i artikkel J.7(1)-(3) i Traktaten for Den europeiske unionen, og gledde seg over den store framgangen som er oppnådd i det korte tidsrommet sidan Amsterdam med å gjere dei forsterka institusjonelle banda mellom Den europeiske unionen og EU om til ein praktisk realitet.
9. Ministrane godkjende vedtaket som utviklar observatørane si rolle i VEU, i samsvar med føresegnene i artikkel J.7(3) i den modifiserte traktaten for Den europeiske unionen. Dei stadfesta at desse ordningane, som får verknad når Amsterdam-traktaten trer i kraft og etter godkjenning frå Rådet for Den europeiske unionen, skal gjelde førebels også med omsyn til operasjonar som VEU tek på seg i samsvar med artikkel J.4(2) i Traktaten for Den europeiske unionen. Ministrane såg på desse ordningane som eit viktig steg som la til rette for tett samarbeid mellom Den europeiske unionen og VEU innanfor krisehandteringsoppgåver (Petersberg-oppgåvene).
10. Ministrane godkjende vedtaket om å harmonisere rekkjefølgja for presidentskapen i VEU med den eksisterande rekkjefølgja i Den europeiske unionen. Dei gav uttrykk for at dei venta seg at gjennomføringa av dette vedtaket ville vere eit kvalitativt steg til å forbetre det daglege samarbeidstilhøvet mellom dei to organisasjonane, og bad framtidige presidentskapar særleg ta sikte på å samordne saklistene til dei to organisasjonane for å oppnå større synergieffektar.
11. Ministrane merkte seg med glede det pågåande arbeidet med eit modus operandi for gjennomføringa av artikkel J.4 nr. 2 i Maastricht-traktaten og artikkel J.7 nr. 3 som revidert i Amsterdam. Særleg sa dei seg nøgde med den vidare utviklinga av ein illustrerande, praktisk modell for å knyte saman avgjerdsprosessane til begge organisasjonane i krisehandteringsoperasjonar der EU gjer seg nytte av VEU. Dei bad Det permanente rådet føre vidare dette arbeidet som ei prioritert oppgåve og å undersøkje om det let seg gjere å føye saman det illustrerande flytskjemaet med den parallelle øvinga som dekkjer VEU-leia operasjonar der det vert nytta NATO-ressursar og kapasitetar for betre å kunne førebu seg på VEU-leia operasjonar der EU gjer seg nytte av VEU.
12. Ministrane merkte seg at diskusjonane mellom VEU og EU om ein felles europeisk forsvarspolitikk held fram, og bad Det permanente rådet føre desse refleksjonane vidare.
13. Dei understreka verdien av felles ad hoc-grupper mellom VEU og EU som eit nyttig verktøy som lettar det praktiske samarbeidet mellom dei to organisasjonane. Dei inviterte Det permanente rådet til å utvikle fleire metodar til praktisk samarbeid med Den europeiske unionen, mellom anna fellesmøte i dei relevante organa til dei to organisasjonane.
14. Ministrane merkte seg med interesse det føreståande seminaret om samarbeid mellom VEU og EU på området humanitære oppdrag. Dei forventa at seminaret ville gje auka kunnskap om utsiktene for å organisere humanitær hjelp i kritiske miljø på meir effektive måtar ved å knyte saman dei instrumenta som begge organisasjonane rår over.
15. Ministrane gledde seg over erklæringa som er vedlagd sluttakta frå IGC om oppretting av ei eining for politikkplanlegging og varsling, med personell rekruttert frå generalsekretariatet i EU, medlemsstatar i EU, Den europeiske kommisjonen og VEU. Samansetjinga av eininga vil ytterlegare forbetre det daglege, praktiske samarbeidet mellom dei to organisasjonane og medverke til gjennomføringa av Amsterdam-traktaten sine føresegner om nærare band mellom dei.
16. Ministrane bad generalsekretæren utarbeide framlegg til nærare samordning av arbeidet i staben til generalsekretæren i VEU med generalsekretariatet i Rådet for Den europeiske unionen og å leggje desse fram for Det permanente rådet, idet det vert teke omsyn til framgangen i opprettinga av EUs politikkplanleggings- og varslingseining, mellom anna utveksling og overflytting av personell. Ministrane streka under at nært, dagleg samarbeid mellom VEU og Den europeiske unionen mellom anna er avhengig av ei tilnærming mellom dei ulike arbeidskulturane i dei to organisasjonane.
17. Ministrane merkte seg med glede at eit utkast til vedtak om tryggleiksklarering for tenestemenn i generalsekretariatet i EU som skal handtere graderte opplysningar, no vert granska av dei kompetente organa i EU-rådet. Ministrane såg fram til ei snarleg fullføring av forbetra tryggingsordningar i høve til EU.
III. Samkvem med NATO
18. Ministrane sa seg på nytt overtydde om at NATO, som er basert på ein sterk transatlantisk partnarskap, framleis er avgjerande for stabiliteten og tryggleiken i Europa. Dei gledde seg over tilpassingsprosessen i alliansen, som har som eit viktig mål å byggje den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor alliansen som vil setje alle europeiske allierte i stand til å ta større ansvar for eigen tryggleik og eige forsvar. VEU er vesentleg for utviklinga av ESDI innanfor Atlanterhavsalliansen, og vil difor arbeide vidare for å styrkje det institusjonelle og praktiske samarbeidet med NATO. Her såg ministrane med glede på resultata som er oppnådde i så måte under den tyske presidentskapen:
svaret frå VEU på det innleiande arbeidet NATO har gjort med operasjonell planlegging av illustrerande VEU-oppdrag. Ministrane merkte seg tilrådingane frå VEU om oppfølgingsarbeid på dette feltet i nært samarbeid mellom VEU og NATO.
arbeidet med nærare vilkår for samarbeidet mellom VEU og NATO om militær planlegging. Ministrane merkte seg med glede VEU-dokumentet om desse vilkåra, og såg fram til eit snarleg svar frå NATO med sikte på å komme fram til ein avtale.
førebuinga av eit felles VEU/NATO-dokument om samordning av militære øvingsprogram. Ministrane streka under behovet for å utarbeide liknande samordningsmekanismar for krisehandteringsøvingar i VEU/NATO og behovet for detaljerte og effektive ordningar for planlegging, gjennomføring og evaluering av desse. I denne samanhengen sa dei seg tilfreds med at planleggingscella i VEU var invitert til å delta som observatør i NATO-forsøk med CJTF-hovudkvarter.
eit dokument oversendt NATO som diskusjonsgrunnlag, som gjeld nærare vilkår for VEU-engasjement i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO. Ministrane såg på dokumentet som eit verdifullt bidrag til å klarleggje uteståande spørsmål, mellom anna om det vil vere mogeleg å engasjere ikkje-allierte VEU-observatørland i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO, og såg fram til snarleg semje om dei nærare vilkåra. I denne samanhengen gledde dei seg over felles arbeid som VEU og NATO har gjort i denne saka, mellom anna eit felles arbeidsgruppemøte. Ministrane såg fram til utfallet av det felles arbeidet som VEU og NATO gjer, som vil gjere det mogeleg for NATO å ta omsyn til framlegga som er oversende av VEU, mellom anna "prinsippdokumentet" som vart godkjent av rådet den 13. mai 1997.
19. Ministrane stadfesta behovet for ein konsultasjonsmekanisme mellom VEU og NATO med tanke på framtidige VEU-operasjonar. Dei gledde seg over det omfattande arbeidet VEU har gjort på dette området i dei siste månadene, særleg arbeidet med ein praktisk modell for samanknyting av avgjerdsprosessane i dei to organisasjonane i VEU-leia operasjonar der NATO sine ressursar og kapasitetar vert brukte. Dei meinte at dette arbeidet var viktig for ein konsultasjonsmekanisme mellom VEU og NATO, og såg fram til at det snart vart fullført. I denne samanhengen såg dei med glede på eit fellesmøte mellom arbeidsgrupper i VEU og NATO.
20. Ministrane gav på nytt uttrykk for at det var viktig å få i stand ein rammeavtale mellom NATO og VEU som klargjer dei generelle prinsippa for overføring, tilsyn og tilbakeføring av NATO sine ressursar og kapasitetar. Dei gav Det permanente rådet i oppgåve å syte for at dette arbeidet vert drive framover som ei prioritert sak i felles møte mellom VEU og NATO.
IV. VEU sitt bidrag til fred og stabilitet i Albania
21. Ministrane hadde ei omfattande meiningsutveksling om den aktuelle situasjonen i Albania. Dei såg med glede på at den nye albanske regjeringa er villig til å føre vidare prosessen med demokratisk normalisering og at ho er villig til å samarbeide nært med det internasjonale samfunnet. Dei oppmoda alle politiske krefter i Albania til å medverke aktivt til prosessen med nasjonal forsoning, som er ein føresetnad for ei varig stabilisering i landet.
22. Dei gledde seg over det pågåande arbeidet det internasjonale samfunnet gjer for å hjelpe Albania, og var tilfreds med å merkje seg resultata frå Ministerkonferansen i Roma den 17. oktober. Dei sette særleg pris på dei viktige bidraga frå EU som yter viktig hjelp og rådgjeving til gjenreisinga i Albania, og frå OSSE som stadig utgjer ei fleksibel ramme for samordning av internasjonal støtte. Dei gledde seg over den vellukka fullføringa av oppdraget til den fleirnasjonale vernestyrken og gav ros til nasjonane som deltok, særleg Italia, som hadde ei leiande rolle i denne styrken, og til dei effektive initiativa som er tekne til stabilisering i Albania. Dei såg med glede på NATO-vedtaket om å vere med på å atterreise hæren.
23. Ministrane såg med glede på resultata som VEUs fleirnasjonale rådgjevande politielement i Albania, MAPE, har oppnådd hittil. Dei merkte seg med glede at korttidsprogrammet for MAPE gav opplæring og råd til nøkkeltenestemenn i det albanske politiet på områda offentleg ro og orden, grensepolitiarbeid og innanfor ramma av Politiakademiet. Dei sa seg på nytt villige til å oppretthalde VEU-engasjementet i Albania og såg med glede på den auka deltakinga av VEU-land som ein del av forlenginga av MAPE-mandatet til 12. april 1998. Alternativet med ei vidare forlenging av mandatet etter dette vil bli vurdert i lys av resultata. Dei såg med glede på gjennomføringa av eit langtidsprogram med tilbod om opplæring, spesialopplæring, evaluering, rådgjeving og logistikkstøtte til det albanske politiet.
24. Ministrane gledde seg over at medlemsstatane i VEU er parat til å stille personell til oppdraget og merkte seg med glede at assosierte medlemer, observatørar og assosierte partnarar har teke del i oppdraget frå byrjinga. Dei verdsette arbeidet som personellet i MAPE har utført, og stadfesta at det er nødvendig å forsyne MAPE-personellet med tilstrekkeleg utstyr.
25. Ministrane gledde seg over at Den europeiske unionen er førebudd på å støtte langtidsprogrammet for VEUs fleirnasjonale rådgjevande politielement i Albania. Samordning og samarbeid mellom rådgjevings- og opplæringsaktivitetane til VEU og komplementære aktivitetar til støtte for det albanske politiet, finansiert av Phare-programmet i Den europeiske unionen, vert no rekna som eit nøkkelelement for at langtidsprogrammet skal lukkast. Samarbeidet mellom Phare-ekspertar og MAPE-teamet er eit viktig steg for å sikre nær samordning av aktivitetane til VEU og EU i Albania.
V. Den operasjonelle utviklinga av VEU
26. Dei siste seks månadene er det gjort stor framgang i den vidare styrkinga av den operasjonelle kapasitet til VEU.
27. Ministrane minte om at VEU utgjer ei ekte ramme for dialog og samarbeid mellom alle dei 28 VEU-nasjonane om europeiske tryggings- og forsvarssaker i vidare forstand. Ministrane gledde seg over den auka deltakinga av assosierte partnarar i ulike VEU-organ og over aktivitetane som desse driv, særleg i samband med krisehandtering. Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å føre vidare prosessen for å få assosierte partnarar til å ta større del i eit aukande tal aktivitetar.
28. Ministrane godkjende dokumentet om praktiske ordningar for assosierte partnarar si deltaking i Petersberg-operasjonar, som definerer engasjementet deira i ulike fasar av krisehandteringsprosessen, særleg med omsyn til planlegging- og styrkeoppbyggingsprosessen.
29. Ministrane såg med glede på dei forbetra ordningane som gjer det mogeleg for assosierte medlemer og observatørstatar å delta for fullt i samsvar med sin status i alle Petersberg-operasjonar som VEU tek på seg, og gav Det permanente rådet i oppgåve å sjå nærare på korleis assosierte medlemer og observatørstatar kan delta maksimalt i rådet sine aktivitetar i samsvar med sin status, særleg på området materiell, romaktivitetar og militærstudiar.
30. Ministrane gledde seg over framgangen som er oppnådd sidan Paris-møtet når det gjeld gjennomføring av vedtaket om å opprette ein militærkomité i VEU. Dei godkjende tilrådinga frå Det permanente rådet om gjennomføring av militærkomiteen og om omorganisering av den militære strukturen i VEU-hovudkvarteret slik at denne fell saman med skiftet av direktør for planleggingscella i 1998. Dei merkte seg at militærkomiteen sitt ansvarsområde med omsyn til bidraget frå VEU til forsvarsplanlegginga i NATO vil måtte avklarast.
31. Ministrane merkte seg med interesse rapporten frå presidentskapen om møtet mellom forsvarssjefane (CHOD) som vart halde i Bonn 28. oktober 1997. Særleg gledde ministrane seg over semja om vegen vidare for MDG sitt arbeid med den framtidige rolla til planleggingscella. Ministrane stadfesta at dei ser det som viktig å ha ei effektiv planleggingscelle innanfor VEU.
32. Ministrane merkte seg at biletmateriale som satellittsenteret i VEU leverer, spelar ei aukande rolle for arbeidet i VEU. Ministrane bad Det permanente rådet arbeide aktivt vidare med dei oppgåvene som vart avtala i Madrid i november 1995 og stadfesta i Ostende i 1996 om evaluering av utsiktene for VEU-deltaking i eit multilateralt europeisk program under som er utvikling, idet det vert teke omsyn til alle relevante teknologiske aspekt, og å leggje fram ein framdriftsrapport på det neste møtet deira. Ministrane gledde seg over framgangen som er gjort i arbeidet med å gjere det mogeleg for assosierte medlemer og observatørstatar å delta maksimalt i romaktivitetar, og bad dei aktuelle organa undersøkje fleire vegar mot dette målet.
Ministrane uttrykte interesse for eit tilbod frå nasjonar som deltek i HELIOS-programmet om å gje VEU betre tilgang til biletmateriale frå HELIOS. Dei merkte seg òg eit tilbod frå Frankrike om å stille til disposisjon for krisehandteringsoperasjonar og øvingar ein mobil bakkemottakar for HELIOS-bilete som for tida er under utvikling. Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å sjå nærare på desse framlegga.
33. Ministrane merkte seg bidraget frå Eurolongterm, Eurocom og Den vesteuropeiske logistikkgruppa (WELG) til utviklinga av konsept og doktrine på militærområdet, og at dette styrkte militærsamarbeidet mellom deltakande VEU-nasjonar. Dei streka særleg under som vesentleg at Eurolongterm går vidare i arbeidet med å undersøkje langsiktige konsept og behov, idet ein tek omsyn til arbeid i andre fora innanfor og utanfor VEU.
Ministrane godkjende dokumentet "Eit konsept for felles logistikkstøtte for VEU". Dei godkjende vidare framlegga om høve for interesserte ikkje-allierte observatørar og assosierte partnarar til å delta i Eurolongterm og hovudgruppa i Eurocom.
34. Ministrane gledde seg over dokumentet om VEUs øvingspolitikk som ei solid og omfattande ramme for framtidige øvingsaktivitetar i VEU, som tek omsyn til behov som oppstår både på grunn av utviklinga av ESDI innanfor NATO og samarbeidet mellom VEU og EU i samsvar med Amsterdam-traktaten. Ministrane gav Det permanente rådet i oppgåve å følgje gjennomføringa av øvingspolitikken med alle VEU-nasjonar som deltakarar.
35. Ministrane minte om vedtaket dei hadde gjort om å gje Det permanente rådet i oppgåve å studere dei nærare vilkåra for å setje i verk VEU-operasjonar der det vert brukt fleirnasjonale FAWEU-hovudkvarter, og understreka at VEU i oppbygginga av sine operasjonelle evner måtte fokusere både på VEU-leia operasjonar som nyttar NATO sine ressursar og kapasitetar, og på si eiga evne til å handle autonomt. Ministrane gledde seg over arbeidet som er igangsett under den tyske presidentskapen og gav Det permanente rådet i oppgåve å forfølgje saka vidare.
36. Ministrane såg med glede på:
vedtaket til Tyskland og Nederland om å utpeike staben i Det første tysk-nederlandske korpset som eit hovudkvarter som står til disposisjon for VEU. Dei merkte seg med glede at hovudkvarteret kan brukast innanfor rammene av VEU til dei oppdraga som er definerte i Petersberg-erklæringa. På initiativ av deltakarstatane gav dei Det permanente rådet i oppgåve å utarbeide detaljar for relasjonane mellom VEU og dette FAWEU-hovudkvarteret og for bruken av det innanfor VEU-ramma.
vedtaket til Italia og Spania om å etablere Den spansk-italienske amfibiestyrken (SIAF), og merkte seg at denne vil bli stilt til rådvelde for VEU (FAWEU). Denne styrken, som også vil kunne nyttast innanfor NATO-rammene, vil kunne utføre oppdrag innanfor fellesforsvaret og oppdrag av Petersberg-type som krev amfibiekapasitet.
Ministrane vurderte desse initiativa som eit bidrag til utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten.
37. Ministrane sa seg uroa over den vedvarande menneskelege tragedien som bruken av personellminer medfører på verdsbasis. Dei sa seg på nytt fast bestemte på å gjere sitt yttarste i alle aktuelle internasjonale fora for å forby personellminer på verdsbasis. Dei merkte seg med glede innsatsen det internasjonale samfunnet har gjort i så måte, mellom anna innanfor Ottawa-prosessen. Dei minte om vedtaket dei gjorde i Ostende, og bad Det permanente rådet arbeide vidare med ein database for minerydding og å fungere som informasjonssentral i landminsepørsmål.
VI. Materiellsamarbeid
38. Forsvarsministrane i dei tretten landa i Materiellsamarbeidsgruppa i Den vesteuropeiske unionen (WEAG), det europeiske forumet for materiellsamarbeid, møttest 17. november 1997. Dei tok føre seg materiellsamarbeidsaktivitetane i Europa og den vidare utviklinga av WEAG.
39. Dei vurderte den pågåande prosessen med omstrukturering og rasjonalisering av forsvarsindustrien i Europa, som skjer mot ein bakgrunn av reduserte forsvarsbudsjett. Ministrane streka under at det vert stadig viktigare for europeiske regjeringar å samarbeide om utvikling og innkjøp av materiell. Dei merkte seg at det operative organet for Materiellsamarbeidsorganisasjonen i Den vesteuropeiske unionen (WEAO) vart oppretta 1. april 1997 som ein forgjengar til det europeiske materiellbyrået, førebels med samarbeidsbasert forsking på materiellteknologi som einaste oppgåve. Dei minte om at dei aktar å styrkje det europeiske materiellsamarbeidet og har som mål å opprette eit europeisk materiellbyrå så snart alle aktuelle vilkår er oppfylte. Dei var samde om at det må seiast klart frå til industrien i rett tid om felles behov. Eit slikt initiativ vil òg oppmuntre dei europeiske forsvarsindustriane til å danne forbund for å kunne ta imot store ordrar, og vil fremje ein meir effektiv bruk av ressursane til utvikling av ny teknologi. Ministrane diskuterte korleis det kunne gjerast framgang i retning av eit meir effektivt europeisk materiellsamarbeid ved å bruke målsetjinga om eit europeisk materiellbyrå som eit middel til betre samordna europeisk innsats. Dei var samde om at ein plan, mellom anna med tidsplan, burde utarbeidast som rettleiing for vidare arbeid. Dei gav dei nasjonale materiellavdelingssjefane i oppgåve føreslå tilrådingar om vegen framover på dette grunnlaget, som dei vil vurdere på sitt neste møte.
40. Ministrane vurderte òg korleis WEAG burde utvikle seg. Dei var samde om at ordninga der EU-land som ikkje er med i WEAG kunne delta som uformelle observatørar frå sak til sak i aktivitetar i Panelet, har vore ein suksess. Ministrane merkte seg at ei rekkje VEU-observatørar og assosierte partnarar framleis har sagt seg interesserte i materiellsamarbeidsaktivitetane til WEAG, og idet dei minte om avtalen dei gjorde i Ostende om å sjå nærare på ein europeisk materiellpartnarskap, var dei samde om å svare ved å opne WEAG ytterlegare for desse nasjonane. Ministrane var samde om dei nærare vilkåra for å la interesserte VEU-observatørar som ikkje er medlemer i WEAG, delta i alle WEAG-møte. For dei assosierte partnarane vart dei samde om nærare vilkår som tillet WEAG-panel og deira undergrupper å undersøkje om det for kvar post på saklista kan opnast for deltaking av desse landa. Når situasjonen tilseier det, kan assosierte partnarar bli inviterte til å delta i NAD og ministermøte. Dersom det vert avgjort at ein observatør eller ein assosiert partnar skal delta i eit konkret materiellprosjekt, skal vedkommande nasjon ta del i dette prosjektet på same basis som fulle medlemer, og mellom anna yte ein høveleg del av finansieringa.
41. Ministrane merkte seg at det sidan dei møttest i Ostende var vurdert forbetringar i WEAG. Det vart arbeidd med fleire initiativ, mellom anna betre relasjonar med operasjonelle brukarar og nært samkvem med andre organ og institusjonar. Ministrane gledde seg over forbetringa i den pågåande dialogen med dei relevante organa i EU. Ministrane gledde seg òg over stadfestinga av tilhøvet mellom WEAG og materiellaktivitetane i NATO. Ministrane var samde om at alle viktige organisasjonsmessige og administrative middel til eit velfungerande WEAG no var på plass.
42. Ministrane gledde seg over den vedvarande innsatsen på ei rekkje viktige område, mellom anna studien av ein europeisk vitskaps- og teknologistrategi og det pågåande arbeidet for å utarbeid felles prosedyrar og føresegner for eit europeisk materiellbyrå, og om å oppretthalde ein europeisk industri- og teknologibase på forsvarsområdet.
43. Til slutt gledde ministrane seg over fullføringa av arbeidet med å etablere WEAO og merkte seg den første årsrapporten frå styret.
44. WEU-rådet av 13 vedtok konklusjonane til forsvarsministrane i WEAG.
VII. Samkvem med tredjeland
45. Ministrane minte om at det var viktig å utvikle eit samkvem med Russland som stod i høve til storleiken, kapasitetane og den strategiske rolla til dette landet. Russland spelar ei viktig rolle for tryggleiken og stabiliteten i Europa. Ministrane såg med glede på utviklinga av eit nært samarbeid mellom euroatlantiske tryggingsstrukturar og Russland, særleg samarbeidet som utviklar seg på grunnlag av grunnakta mellom Russland og NATO, og streka under at VEU er førebudd på å vidareutvikle VEU sitt tilhøve til Russland på grunnlag av ein forbetra politisk dialog og praktisk samarbeid. Ministrane oppmoda Det permanente rådet om å halde fram med å utforske nye mogelege område for praktisk samarbeid. I denne samanhengen så dei fram til resultata av konsultasjonar med Russland om samarbeid innan lufttrafikk over lange distansar.
46. Ministrane sa seg på nytt sterkt interesserte i utviklinga av samkvem med Ukraina, i erkjenninga av at Ukraina er ein viktig europeisk partnar til VEU som medverkar vesentleg til tryggleiken og stabiliteten i Europa. Ministrane gledde seg over inngåinga av charteret mellom NATO og Ukraina og stadfesta på nytt at VEU er klar til å intensivere den pågåande politiske dialogen mellom VEU og Ukraina og å styrkje det praktiske samarbeidet. Dei gledde seg over fullføringa av dokumentet om samarbeid mellom VEU og Ukraina innan lufttrafikk over lange distansar, som vart underteikna 30. juni 1997. Ministrane bad Det permanente rådet halde fram med å undersøkje nye aktuelle område for praktisk samarbeid.
47. Ministrane uttrykte på ny von om at Russland, Ukraina og Kviterussland snart vil treffe dei tiltak som trengst for at avtalen om opne luftrom kan tre i kraft.
48. Ministrane slutta seg til dei pragmatiske initiativa som nyleg er lanserte for å auke dialogen med middelhavsland utanfor VEU, og merkte seg at relasjonane mellom VEU og desse landa utviklar seg i eit klima av dialog, innsyn og samarbeid. Dei gledde seg over invitasjonen til dialogpartnarane om å gjeste satellittsenteret i VEU. Dei stadfesta at Middelhavsgruppa i VEU vil stille ekspertise til disposisjon innanfor sitt generelle mandat dersom Den europeiske unionen ber om det.
49. Ministrane merkte seg med glede at dialogen med Kypros, mellom anna i form av generalsekretæren sitt besøk nyleg, utviklar seg i takt med i banda mellom Kypros og Den europeiske unionen.
50. Ministrane merkte seg at det vart sendt observatørar frå VEU til planleggingskonferansen for den vestafrikanske fredstryggingsøvinga Guidimakha 98, som kjem innanfor ramma av det amerikansk/fransk/britiske initiativet om fredstryggingsopplæring, og bad Rådet føre vidare samtalane med OAU og arbeidet med fredstrygging i Afrika. Dei streka under det viktige i at VEU-nasjonane medverkar til forbetringa av afrikanske fredstryggingskapasitetar, og minte om vedtaket sitt i Ostende om å gje Det permanente rådet i oppgåve å undersøkje om det kunne treffast andre tiltak for å oppnå dette.
VIII. OSSE
51. Ministrane gledde seg over arbeidet som vert gjort under leiing av den danske formannen til oppfølging av Lisboa-toppmøtet for å styrkje det ikkje-hierarkiske samarbeidet mellom tryggingsinstitusjonar som godtek og etterlever prinsippa og forpliktingane i dei relevante OSSE-dokumenta. VEU støttar og har alt medverka til OSSE-initiativet om å utvikle plattforma for tryggleik i samarbeid i samspel med andre aktuelle tryggingsorganisasjonar. VEU vil vere interessert i den vidare utviklinga av framlegga om og dei nærare vilkåra for Plattform for tryggleik i samarbeid, og er framleis førebudd på å spele ei konstruktiv rolle i denne prosessen.
IX. Transatlantisk forum
52. På grunnlag av røynslene under tidlegare presidentskapar i Transatlantisk forum såg ministrane med glede på programmet for aktivitetar som Transatlantisk forum vil gjennomføre under den belgiske presidentskapen, og som vil gje VEU-landa som deltek i Transatlantisk forum auka høve til medverknad og til å fokusere på ein kostnadseffektiv måte på spørsmål som er viktige for avgjerdstakarane i USA og Canada.
X. Andre spørsmål
53. Ministrane såg òg fram til det føreståande 50-årsjubileet for underteikninga av traktaten for økonomisk, sosialt og kulturelt samarbeid og kollektivt sjølvforsvar (Brussel-traktaten). Sjølv om dei politiske omstenda har endra seg dramatisk sidan underteikninga av den modifiserte avtalen, var ministrane samde om at han framleis er ein verdifull del av den europeiske tryggingsarkitekturen.
54. Ministrane bad Det permanente rådet markere 50-årsjubileet for VEU ved å arrangere ein konferanse med høgtståande representantar for dei 28 VEU-landa og internasjonale tryggingsekspertar frå vitskaplege institusjonar og media, saman med medlemer av VEU-forsamlinga, tidlegare generalsekretærar i VEU og høgtståande representantar for institusjonane i EU og NATO; konferansen bør fokusere på perspektiva for VEU si framtidige utvikling i lys av den historiske rolla det har i å få kontroll over konfliktpotensialet i etterkrigs-Europa.
55. Ministrane merkte seg med interesse 28-landsseminaret som vart arrangert av VEUs Institutt for tryggingsstudiar og Forbundshøgskulen for tryggingspolitiske studiar på initiativ av den tyske VEU-presidentskapen under temaet "Europeisk tryggleik - utsikter for framtidige og noverande oppgåver", og gledde seg over at representantar for Sambandsstatane, Ukraina og Russland deltok.
56. Ministrane erkjende at parlamentarikarforsamlinga i VEU har ytt eit verdifullt bidrag til arbeidet i organisasjonen, og gledde seg over innspela frå forsamlinga til tryggings- og forsvarsdebatten i Europa.
57. Ministrane sa seg på nytt forplikta til gradvis å utvikle VEU-instituttet for tryggingsstudiar til eit Europeisk tryggings- og forsvarsakademi. Dei bad Det permanente rådet undersøkje dei nærare vilkåra som er nødvendige for at alle VEU-land skal kunne engasjere seg sterkare i det arbeidet instituttet gjer.
58. Ministrane merkte seg vedtaket i Det permanente rådet om å avskaffe Byrået for materiellkontroll. Dei merkte seg vidare at protokoll nr. IV til den modifiserte Brussel-traktaten etter denne endringa ikkje lenger har nokon praktisk verknad.
59. Ministrane såg med glede på erklæringa frå Hellas om program for den halvårige greske presidentskapen i VEU, som omfattar:
etablering av tettare institusjonelle band og praktisk samarbeid med Den europeiske unionen i samsvar med avtalane som vart inngådde i Amsterdam og føresegnene som er fastlagde i VEU-erklæringa av 22. juli med sikte på større europeisk ansvar for tryggings- og forsvarssaker;
forsterking av det institusjonelle og praktiske samarbeidet mellom VEU og Atlanterhavsalliansen i samsvar med ministerrådsvedtaka i VEU i Birmingham og i NATO i Berlin og Brussel og på NATO-toppmøtet i Madrid om å vidareutvikle VEU som eit middel til å byggje ESDI;
ytterlegare styrking av VEU sine operasjonelle evner for å sikre full politisk-militær kontroll for autonome operasjonar;
å gjere VEU-landa ytterlegare delaktige i VEU-aktivitetar til førebuing og gjennomføring av VEU-operasjonar;
vidare utpeiking av aktuelle område for framtidig samarbeid med tredjeland;
intensivert innsats frå VEU-hald i gjenreisinga av institusjonar i Albania, i nært samarbeid med den albanske regjeringa, med sikte på å auke tryggleiken og stabiliteten i Albania ved å vidareføre og eventuelt utvide MAPE-mandatet for å hjelpe til med omorganiseringa av politistyrken.
1.11 GRUNNAKT OM GJENSIDIG SAMKVEM, SAMARBEID OG TRYGGLEIK MELLOM NATO OG DEN RUSSISKE FØDERASJONEN, PARIS, 27. MAI 1997
Atlanterhavspakta sin organisasjon og medlemene i denne på den eine sida og Den russiske føderasjonen på den andre sida, heretter kalla NATO og Russland, vil saman og på grunnlag av ei varig og forpliktande semje på høgste politiske nivå, byggje ein varig og inkluderande fred i det euroatlantiske området med demokrati og tryggleik i samarbeid som grunnprinsipp.
NATO og Russland ser ikkje på kvarandre som motstandarar. Dei har begge som mål å fjerne spora etter tidlegare konfrontasjon og konkurranse, og å skape sterkare gjensidig tillit og samarbeid. Denne akta stadfester at NATO og Russland står fast på å gje eit konkret innhald til sin felles forpliktande vilje til å byggje eit stabilt, fredeleg og udelt Europa, heilt og fritt, til beste for alle folk i verdsdelen. Når dei har forplikta seg slik på høgste politiske nivå, markerer dette innleiinga til eit grunnleggjande nytt tilhøve mellom NATO og Russland. Dei har som mål å utvikle ein sterk, stabil og varig partnarskap på gjensidig og ope grunnlag og til felles beste.
Denne akta fastset måla og mekanismen for samråd, samarbeid, felles avgjerdstaking og samhandling som vil utgjere kjernen i samkvemmet mellom NATO og Russland.
NATO har sett i gang ei historisk omforming - ein prosess som vil halde fram. I 1991 reviderte NATO strategikonseptet sitt for å komme i takt med det nye tryggingsklimaet i Europa. I tråd med dette har NATO radikalt redusert og held fram med å tilpasse sine konvensjonelle styrkar og atomstridskrefter. På same tid som det har teke vare på evna til å oppfylle sin del av Washington-traktaten, har NATO utvida og vil framleis utvide sine politiske funksjonar, og har teke på seg nye oppdrag innan fredstrygging og krisehandtering til støtte for Dei sameinte nasjonane (FN) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), til dømes i Bosnia-Hercegovina, for å møte nye tryggingsutfordringar i nært samråd med andre land og internasjonale organisasjonar. NATO er i gang med å utvikle den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten (ESDI) innanfor alliansen. Det vil halde fram med å utvikle eit breitt og dynamisk samarbeidsmønster med deltakarstatar i OSSE, særleg gjennom Partnarskap for fred, og arbeider saman med partnarland om å opprette eit euroatlantisk samarbeidsråd. Medlemsstatane i NATO har vedteke å gå gjennom strategikonseptet for alliansen og sikre at det er fullt i samsvar med den nye tryggingssituasjonen og dei nye utfordringane i Europa.
Russland arbeider vidare med å byggje eit demokratisk samfunn og å gjennomføre den politiske og økonomiske omforminga av landet. Det utviklar sitt nasjonale tryggingskonsept og reviderer militærdoktrinen sin for å sikre at desse er fullt i samsvar med dei nye tryggingspolitiske realitetane. Russland har gjennomført store nedskjeringar i dei væpna styrkane, har trekt styrkane sine tilbake frå landa i Sentral- og Aust-Europa og dei baltiske statane i omfang som aldri er sett tidlegare, og har trekt alle kjernevåpna sine tilbake til sitt eige nasjonale territorium. Russland er forplikta til å redusere sine konvensjonelle styrkar og atomstridskrefter ytterlegare. Det tek aktivt del i fredstryggingsoperasjonar til støtte for FN og OSSE og i krisehandtering i ulike delar av verda. Russland er med i dei fleirnasjonale styrkane i Bosnia-Hercegovina.
I. Prinsipp
Med utgangspunkt i at tryggleiken til alle statar i det euroatlantiske fellesskapet er udeleleg, vil NATO og Russland arbeide saman for å medverke til å etablere ein felles og omfattande tryggleik i Europa basert på truskap mot felles verdiar, plikter og åtferdsnormer i alle statars interesse. NATO og Russland vil vere med på å styrkje Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, også med å vidareutvikle organisasjonen si rolle som eit hovudverktøy til førebyggjande diplomati, konfliktførebygging, krisehandtering, rehabilitering etter kriser og regionalt samarbeid, og dessutan i å styrkje organisasjonen si operative evne til å utføre desse oppgåvene. OSSE, den einaste all-europeiske tryggingsorganisasjonen, spelar ei nøkkelrolle for fred og stabilitet i Europa. I styrkinga av OSSE vil NATO og Russland samarbeide for å gjere det umogeleg å vende tilbake til eit Europa i splid og konfrontasjon, eller der nokon stat vert isolert.
I tråd med OSSE sitt arbeid med ein felles og omfattande tryggingsmodell for Europa i det 21. hundreåret, og idet ein tek omsyn til vedtaka frå toppmøtet i Lisboa om eit charter for tryggleik i Europa, vil NATO og Russland søkje breiast mogeleg samarbeid mellom deltakarstatane i OSSE med sikte på å opprette eit felles rom i Europa for tryggleik og stabilitet, utan skiljeliner eller maktsfærar som avgrensar suvereniteten til nokon stat.
NATO og Russland har som premiss at den felles målsetjinga om å styrkje tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området til beste for alle land, krev eit svar på nye farar og utfordringar som aggressiv nasjonalisme, spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen, terrorisme, vedvarande brot på menneskerettane og på rettane til personar som høyrer til nasjonale minoritetar, og uløyste territorialtvistar, som utgjer ein trussel mot allmen fred, framgang og stabilitet.
Denne akta påverkar ikkje, og kan ikkje tolkast i den lei at ho påverkar, Tryggingsrådet i FN sitt hovudansvar for å verne om internasjonal fred og tryggleik, eller OSSE si rolle som den inkluderande og omfattande organisasjonen for samråd, avgjerdstaking og samarbeid på sitt område og som ei regional ordning etter kapittel VIII i FN-charteret.
I gjennomføringa av denne akta vil NATO og Russland i god tru etterleve dei krava folkeretten og internasjonale dokument pålegg dei, mellom anna føresegnene i FN-charteret og føresegnene i Verdserklæringa om menneskerettane, og elles dei pliktene dei har teke på seg i sluttakta frå Helsinki og seinare OSSE-dokument, mellom anna Paris-charteret og dokumenta som vart vedtekne på OSSE-toppmøtet i Lisboa.
For å nå måla med denne akta vil NATO og Russland basere samkvemmet seg imellom på at dei saman forpliktar seg til følgjande prinsipp:
utvikling av ein sterk, stabil, varig og likeverdig partnarskap og av samarbeid for å styrkje tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området, alt på grunnlag av innsyn;
erkjenning av den avgjerande rolla som demokrati, politisk pluralisme, rettsstatspraksis og respekt for menneskerettar og borgarrettar og utvikling av fri marknadsøkonomi spelar i utviklinga av allmen framgang og tryggleik for alle;
avkall på bruk eller trussel om bruk av makt mot kvarandre eller mot annan stat, eller mot annan stats territorielle integritet eller politiske sjølvstende, på måtar som er i strid med FN-charteret og med Erklæringa om retningsliner for samkvemmet mellom deltakarstatar, som inngår i Helsinki-sluttakta;
respekt for alle statars suverenitet, sjølvstende og territorielle integritet og deira naturlege rett til å velje midla til å sikre eigen tryggleik, eigne grenser og retten for alle folk til å bestemme over seg sjølve, slik det er nedfelt i Helsinki-sluttakta og andre OSSE-dokument;
gjensidig høve til innsyn i utarbeidinga og gjennomføringa av forsvarspolitiske og militære doktrinar;
førebygging av konfliktar og løysing av tvistar med fredelege middel i samsvar med FN- og OSSE-prinsipp;
støtte i enkelttilfelle til fredstryggingsoperasjonar som vert gjennomførte under leiing av Tryggingsrådet i FN eller med OSSE som ansvarleg part.
II. Mekanisme for samråd og samarbeid - Det permanente fellesrådet NATO - Russland
For å utføre aktivitetane og nå måla som går fram av denne akta, og for å utvikle felles innfallsvinklar til tryggleiken i Europa og til politiske problem, vil NATO og Russland opprette Det permanente fellesrådet NATO - Russland. Det sentrale formålet med dette faste fellesrådet vil vere å skape aukande tillit, formulere felles målsetjingar og etablere mønster for rådføring og samarbeid mellom NATO og Russland for å gje kvarandre og alle nasjonar i det euroatlantiske området auka tryggleik utan at det reduserer tryggleiken for nokon. Dersom det oppstår usemje, vil NATO og Russland streve etter å løyse spørsmåla på grunnlag av velvilje og gjensidig respekt gjennom politiske konsultasjonar.
Det permanente fellesrådet vil vere ein mekanisme for rådføring, samordning og, i størst mogeleg omfang og når situasjonen tilseier det, for felles vedtak og felles handling i tryggingsspørsmål som vedgår begge partar. Konsultasjonane vil ikkje omfatte interne saker som berre vedgår NATO, NATO-medlemsstatar eller Russland.
NATO og Russland har som felles mål å finne og nytte flest mogeleg høve til felles handling. Etter kvart som tilhøvet utviklar seg, ventar dei at det vil by seg nye høve til felles handling.
Det permanente fellesrådet vil vere hovudmøtestad for samråd mellom NATO og Russland under kriser eller i andre situasjonar som verkar inn på freden og stabiliteten. Det vil bli halde ekstraordinære møte i rådet i tillegg til dei regulære møta for å gje rom for omgåande samråd i tilfelle krisesituasjonar. I denne samanhengen vil NATO og Russland omgåande rådføre seg med kvarandre i Det permanente fellesrådet i tilfelle ein av rådsmedlemene kjenner sin territorielle integritet, sitt politiske sjølvstende eller sin tryggleik truga.
Aktivitetane i Det permanente fellesrådet vil gå føre seg på gjensidig og ope grunnlag. I samband med konsultasjonane og samarbeidet vil NATO og Russland informere kvarandre om dei tryggingsmessige utfordringane dei kvar for seg står overfor, og kva tiltak dei aktar å setje i verk for å møte desse.
Føresegnene i denne akta gjev korkje NATO eller Russland nokon vetorett over den andre, og innskrenkar eller avgrensar heller ikkje NATO eller Russland sin rett til å ta avgjerder og handle på sjølvstendig grunnlag. Dei kan ikkje nyttast som eit middel til å skade andre statars interesser.
Det permanente fellesrådet vil møtast på ulike nivå og i ulike former, alt etter kva saker som skal drøftast og kva ynske NATO og Russland har. Det permanente fellesrådet vil tre saman på utanriksministernivå og på forsvarsministernivå to gonger i året, og ein gong i månaden på ambassadørnivå eller ved faste representantar i Det nordatlantiske rådet.
Det permanente fellesrådet kan òg, når omstenda tilseier det, komme saman på stats- og regjeringssjefnivå.
Det permanente fellesrådet kan opprette komitear eller arbeidsgrupper for einskilde emne eller samarbeidsområde på ad hoc eller permanent basis alt etter kva som er eigna.
I regi av Det permanente fellesrådet vil også militære representantar og stabssjefar møtast; møte mellom stabssjefane vil finne stad minst to gonger i året og militære representantar vil møtast ein gong i månaden. Militære ekspertar kan kallast saman til møte når det høver slik.
Det permanente fellesrådet vil bli leia av generalsekretæren i NATO, ein representant for ein av NATO-medlemene, som vil gå på rundgang, og ein representant for Russland.
Til støtte for arbeidet i Det permanente fellesrådet vil NATO og Russland opprette dei administrative strukturane som trengst.
Russland vil opprette ein representasjon hos NATO leia av ein representant med rang av ambassadør. Ein militærrepresentant med seniorstatus og staben hans vil vere ein del av denne representasjonen i samband med det militære samarbeidet. NATO tek atterhald om å kunne opprette eit høveleg nærvære i Moskva, og nærare vilkår for dette vil bli fastsette seinare.
Sakliste for ordinære møte vil bli fastsett i fellesskap. Organisatoriske ordningar og forretningsorden for Det permanente fellesrådet vil bli utarbeidde. Desse ordningane vil vere på plass til det konstituerande møtet i Det permanente fellesrådet, som skal haldast seinast fire månader etter at denne akta er underteikna.
Det permanente fellesrådet vil engasjere seg i tre ulike aktivitetar:
drøfting av emne i del III i denne akta og eventuelle andre politiske eller tryggingsrelaterte spørsmål etter samtykke frå begge sider;
utvikle felles initiativ på grunnlag av desse drøftingane der NATO og Russland vil uttale seg og opptre parallelt;
gjere felles vedtak og handle i fellesskap frå sak til sak når konsensus er oppnådd gjennom drøftingar, mellom anna delta på lik linje i planlegging og førebuing til felles operasjonar, også fredstryggingsoperasjonar under leiing av Tryggingsrådet i FN eller med OSSE som ansvarleg part.
Alle tiltak som NATO eller Russland set i verk, saman eller kvar for seg, må vere i samsvar med FN-charteret og hovudprinsippa for OSSE.
NATO og Russland, som erkjenner at det er viktig å utdjupe kontakten mellom lovgjevande organ hos deltakarstatane i denne akta, oppmuntrar til utvida dialog og samarbeid mellom Den nordatlantiske forsamlinga og parlamentet i Den russiske føderasjonen.
III. Område for konsultasjon og samarbeid
I oppbygginga av tilhøvet seg imellom vil NATO og Russland fokusere på konkrete område av felles interesse. Dei vil rådføre seg med kvarandre og streve etter å samarbeide i størst mogeleg grad på følgjande område:
spørsmål av felles interesse i samband med tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området eller med konkrete kriser, mellom anna korleis NATO og Russland skal medverke til tryggleik og stabilitet i dette området;
konfliktførebygging, mellom anna førebyggjande diplomati, krisehandtering og konfliktløysing der ein tek omsyn til FN og OSSE si rolle og det arbeidet desse organisasjonane gjer på desse felta;
felles operasjonar på enkeltståande grunnlag, også fredstryggingsoperasjonar, under leiing av Tryggingsrådet i FN eller med OSSE som ansvarleg part, og deltaking i CJTF på eit tidleg stadium dersom slike styrkar vert brukte i desse tilfella;
russisk deltaking i Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred;
informasjonsutveksling og samråd om strategi, forsvarspolitikk, militærdoktrinane til NATO og Russland og budsjett og program for infrastrukturutvikling;
spørsmål om rustingskontroll;
spørsmål om atomtryggleik i full breidde;
hindre spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen, motarbeide smugling av kjernefysisk materiale og styrkje samarbeidet på konkrete område innanfor rustingskontrollen, også om politiske og forsvarsmessige sider ved spreiing;
mogeleg samarbeid på området taktisk rakettforsvar;
tryggare regional lufttrafikk, auka lufttrafikkapasitet og, når situasjonen tilseier det, gjensidig utveksling for å fremje tilliten gjennom utvida tiltak for innsyn og informasjonsutveksling i samband med luftforsvar og tilknytte sider ved kontrollen med luftrom;
opnare og meir føreseielege tilhøve og auka gjensidig tillit når det gjeld storleiken og rollene til dei konvensjonelle styrkane til NATO-medlemslanda og Russland;
gjensidige utvekslingar, når situasjonen tilseier det, om kjernevåpenspørsmål, også om doktrinane og strategiane til NATO og Russland;
samordning av eit program for utvida samarbeid mellom militærstyresmaktene hos partane, slik det er gjeve nærare detaljar om nedanfor;
mogeleg materiellsamarbeid ved å knyte Russland til NATO-Konferansen av materiellavdelingssjefar i dei nasjonale forsvarsdepartementa;
omlegging av forsvarsindustriar;
utvikling av samarbeidsprosjekt som partane avtalar seg imellom innanfor økonomi, miljø og vitskap på forsvarsområdet;
gjennomføre fellesinitiativ og øvingar innanfor sivil kriseberedskap og katastrofehjelp;
kamp mot terrorisme og narkotikahandel;
større offentleg kunnskap om det aukande samkvemmet mellom NATO og Russland, mellom anna med opprettinga av eit NATO-dokumentasjonssenter eller informasjonskontor i Moskva.
Andre område kan avtalast mellom partane.
IV. Politisk-militære saker
NATO og Russland stadfester sitt felles ynske om å oppnå større stabilitet og tryggleik i det euroatlantiske området.
Medlemsstatane i NATO gjentek at dei ikkje aktar, ikkje planlegg og ikkje har nokon grunn til å utplassere kjernevåpen på territoriet til nye medlemer, heller ikkje har noko behov for å endre noko aspekt ved NATOs kjernevåpendisposisjonar eller kjernevåpenpolitikk - og ikkje ser noko framtidig behov for å gjere dette. I dette ligg også at NATO har avgjort at det ikkje aktar, ikkje planlegg og ikkje har nokon grunn til å etablere kjernevåpenlager på territoriet til desse medlemene, verken ved å byggje nye atomlagringsanlegg eller å tilpasse gamle atomlagringsanlegg. Atomlagringsanlegg er å forstå som anlegg som er konstruerte spesielt for stasjonering av kjernevåpen, og omfattar alle typar herda anlegg over eller under bakken (lagringsbunkrar eller kvelv) konstruerte for lagring av kjernevåpen.
NATO-medlemsstatane og Russland, som erkjenner det viktige i å tilpasse Avtalen om konvensjonelle væpna styrkar i Europa (CFE) til den utvida tryggingskonteksten som omfattar heile OSSE-området, og arbeidet med ein felles og omfattande tryggingsmodell for Europa i det 21. hundreåret, vil i Wien arbeide saman med dei andre partane i avtalen for å tilpasse CFE-avtalen for å gjere han meir framtidsretta og effektiv, idet det vert teke omsyn til endringane som skjer i tryggingsmiljøet i Europa og til dei legitime tryggingsinteressene til alle deltakarstatane i OSSE. Dei har som felles mål å inngå ein tilpassingsavtale så snart råd er, og vil som eit første steg i denne prosessen saman med andre partar i CFE-avtalen søkje snarast mogeleg å inngå ein rammeavtale som fastset grunnelementa i ein tilpassa CFE-avtale, i tråd med føremåla og prinsippa i dokumentet om omfang og parameter som vart vedteke i Lisboa i desember 1996.
NATO og Russland meiner at eit viktig mål med tilpassinga av CFE-avtalen må vere ein vesentleg reduksjon i mengda av avtaleregulert utstyr som vert tillate i verkeområdet for avtalen, i tråd med dei legitime forsvarsbehova til kvar avtalepart. NATO og Russland oppmuntrar alle partar i CFE-avtalen til å vurdere reduksjonar i sine CFE-utstyrskvotar som ein del av ein samla innsats for å oppnå lågare utstyrsnivå som er i tråd med endringane av tryggingsmiljøet i Europa.
NATO-medlemsstatane og Russland forpliktar seg til å vere tilbakehaldne i forhandlingsperioden, slik det er føresett i dokumentet om omfang og parameter, med omsyn til den noverande disponeringa av og kapasitetane til dei konvensjonelle stridskreftene deira - særleg når det gjeld styrkenivå og utplassering - i verkeområdet for avtalen, for såleis å unngå ei utvikling i tryggingsmiljøet i Europa som kan minske tryggleiken til ein avtalepart. Dette er ikkje til hinder for frivillige vedtak som individuelle avtalepartar måtte gjere om å redusere styrkenivåa eller utplasseringane sine, og skal heller ikkje vere til skade for dei legitime interessene deira.
NATO-medlemsstatane og Russland går ut frå at tilpassing av CFE-avtalen vil medverke til å sikre lik tryggleik for alle avtalepartar, utan omsyn til medlemskap i ein politisk-militær allianse, både for å bevare og styrkje stabiliteten og for vidare å hindre all destabiliserande styrkeoppbygging i ulike regionar i Europa og i Europa sett under eitt. Ein tilpassa CFE-avtale bør også gje ytterlegare auka innsyn i militære tilhøve gjennom utvida informasjonsutveksling og verifikasjon, og bør gje høve for nye partar til å tiltre.
NATO-medlemsstatane og Russland føreslår for dei andre avtalestatane i CFE å gjennomføre slik tilpassing av CFE-avtalen for å setje avtalestatar i stand til gjennom ein open og samarbeidsbasert prosess å komme fram til konklusjonar når det gjeld reduksjonar dei kan vere villige til å ta på seg, og nasjonale tak for avtaleregulert utstyr som vert resultat av dette. Desse vil så bli nedfelte som bindande grenser i den tilpassa avtalen som skal vedtakast ved konsensus mellom alle avtalestatane, og vil bli vurderte i år 2001 og deretter med fem års mellomrom. I samband med dette vil avtalestatane ta omsyn til alle nivå for avtaleregulert utstyr som er fastsette for området frå Atlanterhavet til Ural i den opphavlege CFE-avtalen, endringane i situasjonen i Europa og behovet for å sikre at ingen stat opplever redusert tryggleik.
NATO-medlemsstatane og Russland stadfester at partar i CFE-avtalen, individuelt eller saman med andre, berre bør oppretthalde slike militære kapasitetar som står i høve til legitime individuelle eller kollektive tryggingsbehov, idet ein tek omsyn til kva dei har forplikta seg til internasjonalt, mellom anna gjennom CFE-avtalen.
Kvar avtalestat vil basere sin tilslutnad til føresegnene i den tilpassa avtalen om nasjonale tak for alle avtalepartar på sine eigne vurderingar av den noverande og framtidige tryggingssituasjonen i Europa.
I tillegg vil NATO-medlemsstatane og Russland i forhandlingane om tilpassing av CFE-avtalen saman med andre avtalepartar søkje å styrkje stabiliteten ved å utvikle ytterlegare tiltak for å hindre all potensielt trugande oppbygging av konvensjonelle styrkar i avtala regionar i Europa, som òg skal omfatte Sentral- og Aust-Europa.
NATO og Russland har klargjort korleis dei aktar å disponere dei konvensjonelle styrkane sine i det nye tryggingsmiljøet i Europa, og er førebudde på å drøfte utviklinga av desse disposisjonane i Det permanente fellesrådet.
NATO gjentek at alliansen ut frå tryggingssituasjonen i dag og så langt fram vi kan sjå, vil utføre sine oppdrag innan kollektivt forsvar og på andre felt ved å sikre nødvendig interoperabilitet, integrasjon og evne til forsterking, i staden for ytterlegare permanent stasjonering av større kampstyrkar. Difor må det kunne stole på tilstrekkeleg infrastruktur i høve til dei nemnde oppgåvene. I denne samanhengen kan forsterking vere aktuelt i tilfelle av forsvar mot ein aggresjonstrussel og ved oppdrag til støtte for freden i tråd med FN-charteret og hovudprinsippa til OSSE, og dessutan ved øvingar i tråd med den tilpassa CFE-avtalen, føresegnene i Wien-dokumentet 1994 og dei gjensidig avtala tiltaka for å skape opnare tilhøve. Russland vil vere militært tilbakehaldne i sine konvensjonelle styrkeutplasseringar i Europa.
Medlemsstatane i NATO og Russland vil arbeide for opnare og meir føreseielege tilhøve og auka tillit med omsyn til eigne væpna styrkar. Dei vil fullt ut etterleve sine plikter etter Wien-dokumentet 1994 og utvikle samarbeid med andre OSSE-deltakarstatar, også gjennom forhandlingar i passande format mellom anna i OSSE, for å fremje tillit og tryggleik.
Medlemsstatane i NATO og Russland vil bruke og forbetre eksisterande rustingskontrollsystem og tillitbyggjande tiltak for å skape tryggingsrelasjonar basert på fredeleg samarbeid.
NATO og Russland vil, for å utvikle samarbeid mellom sine militære styresmakter, utvide dei politisk-militære konsultasjonane og samarbeidet gjennom Det permanente fellesrådet med ein forbetra dialog mellom dei øvste militærstyresmaktene i NATO og medlemsstatane og i Russland. Dei vil gjennomføre eit program med vesentleg utvida militære aktivitetar og praktisk samarbeid mellom NATO og Russland på alle nivå. I tråd med prinsippa for Det permanente fellesrådet vil denne forbetra militærdialogen byggje på prinsippet om at ingen part ser på den andre som ein trussel og heller ikkje søkjer å skade tryggleiken til den andre parten. Denne forbetra militærdialogen vil omfatte regelmessige gjensidige orienteringar om NATO og Russland sine militære doktrinar og om strategiar og styrkedisposisjonar som desse resulterer i, og vil gje rikeleg høve til felles øvingar og opplæring.
For å støtte denne forbetra dialogen og dei militære komponentane i Det permanente fellesrådet vil NATO og Russland på gjensidig grunnlag etablere militære liaison-stasjonar på ulike nivå og også opprette andre gjensidige ordningar.
For å forbetre partnarskapen seg imellom og sikre at han i størst mogeleg grad kviler på praktiske aktivitetar og direkte samarbeid, vil dei militære styresmaktene i NATO og Russland studere den vidare utviklinga av eit konsept for felles fredstryggingsoperasjonar mellom NATO og Russland. Dette initiativet bør byggje på dei positive røynslene med samarbeidet i Bosnia-Hercegovina, og lærdomen derfrå vil bli brukt i opprettinga av mobile og fleirnasjonale fleirbrukseiningar (CJTF).
Denne akta trer i kraft på underteikningsdatoen.
NATO og Russland vil treffe dei nødvendige tiltak for å sikre at akta vert gjennomført i samsvar med deira eigne framgangsmåtar.
Denne akta er utarbeidd i to originalar på fransk, engelsk og russisk.
Generalsekretæren i NATO og regjeringa i Den russiske føderasjonen vil oversende teksten til denne akta til generalsekretæren i FN og generalsekretæren i OSSE og be desse sende han vidare til alle medlemer i organisasjonane.
1.12 GRUNNLAGSDOKUMENT FOR DET EUROATLANTISKE PARTNARSKAPSRÅDET, SINTRA, PORTUGAL, 30. MAI 1997
1. Medlemslanda i Det nordatlantiske samarbeidsrådet og deltakarlanda i Partnarskap for fred, som er fast bestemte på å løfte det politiske og militære samarbeidet seg imellom opp på eit kvalitativt nytt nivå ved å byggje på dei vellukka resultata til NACC og PFP, har avgjort at det skal opprettast eit euroatlantisk partnarskapsråd. Med dette stadfester dei at dei i fellesskap forpliktar seg til å styrkje og utvide freden og stabiliteten i det euroatlantiske området, på grunnlag av verdiane og prinsippa som ligg til grunn for samarbeidet hos alle partar, spesielt dei som går fram av rammedokumentet for Partnarskap for fred.
2. Det euroatlantiske samarbeidsrådet vil vere ein ny samarbeidsmekanisme som vil utgjere ei ramme for større innsats både i ein utvida politisk partnarskapsdimensjon og i praktisk samarbeid i PFP. Det vil ta fullt omsyn til og utfylle aktivitetane til OSSE og andre relevante institusjonar som Den europeiske unionen, Den vesteuropeiske unionen og Europarådet.
3. Det euroatlantiske samarbeidsrådet vil som etterfølgjar til NACC vere overbygningen for samråd mellom medlemene i eit breitt spekter av politiske og tryggingsrelaterte spørsmål, som ein del av ein prosess som vil utvikle seg gjennom praksis. PFP i si forbetra form vil vere eit lettkjenneleg element innanfor denne fleksible ramma. Grunnelementa i partnarskapen vil framleis vere gyldige. Det euroatlantiske samarbeidsrådet vil byggje på den føreliggjande ramma for NATOs utoverretta aktivitetar og ta vare på fordelane i desse for å fremje samarbeid på ein open måte. Den utvida politiske konsultasjons- og samarbeidsdimensjonen som rådet vil by på, vil gjere det mogeleg for partnarane å utvikle eit direkte politisk tilhøve til alliansen individuelt eller i mindre grupper dersom dei ynskjer det. I tillegg vil rådet vere det forumet der partnarland i størst mogeleg omfang vil få høve til å delta i avgjerder som gjeld aktivitetar dei er med på.
4. Det euroatlantiske partnarskapsrådet vil halde på to viktige prinsipp som har vore ein del av grunnlaget for det vellukka samarbeidet mellom allierte og partnarar til no. Det vil vere inkluderande i den forstand at alle allierte og partnarar får likt høve til å delta i politiske konsultasjonar og praktisk samarbeid, og det vil vere sjølvdifferensierande ved at partnarar sjølve vil kunne avgjere i kva omfang og på kva område dei vil samarbeide med NATO. Rådet sine ordningar vil ikkje verke inn på vilkår som partnarar alt har avtala bilateralt med NATO, eller vilkår som går fram av rammedokumentet for PFP, heller ikkje konsultasjonsføresegna i artikkel 8.
5. Det euroatlantiske partnarskapsrådet vil komme saman i ulike format, alt etter kva som trengst:
I plenum, for å ta opp politiske og tryggingsrelaterte spørsmål av felles interesse og for å leggje fram aktuelle opplysningar om aktivitetar med avgrensa deltaking.
I eit avgrensa format mellom alliansen og opne grupper av partnarar, for å fokusere på funksjonelle spørsmål eller aktuelle regionale spørsmål på ad hoc-basis. I slike tilfelle vil ein halde dei andre EAPC-medlemene orienterte om resultata.
I eit avgrensa format mellom alliansen og grupper av partnarar som deltek saman med NATO i ein fredsstøtteoperasjon eller i planleggings- og revisjonsprosessen, eller i andre tilfelle der det er gjort avtale om dette formatet. Dei andre medlemene i EAPC vil bli orienterte slik saka tilseier.
I eit individuelt format mellom alliansen og ein partnar.
Struktur
6. Det euroatlantiske partnarskapsrådet vil i regelen møtast på ambassadørnivå i Brussel ein gong i månaden.
7. Rådet vil møtast to gonger i året på både utanriksminister- og forsvarsministernivå; fleire møte kan haldast om det krevst. Det kan òg komme saman på stats- eller regjeringssjefnivå når situasjonen tilseier det.
8. Rådet vil bli leia av generalsekretæren i Den nordatlantiske alliansen eller den som fungerer i hans stad. Representanten for eit medlemsland vil bli titulert President d'Honneur for seks månader etter nærare reglar som vert fastsette seinare.
9. Arbeidet i Det euroatlantiske partnarskapsrådet vil jamleg bli støtta av Den politisk-militære styringskomiteen (PMSC) og Den politiske komiteen (PC) slik dei er samansette i saker som gjeld alliansen og alle partnarane. På ad hoc-basis vil ein Politisk seniorkomité i EAPC etter behov kunne ta opp saker som vert lagde fram for han. EAPC vil på grunnlag av aukande praktisk røynsle vurdere om denne støtta kan forbetrast med ein Styringskomité for EAPC (EAPC-SC), som vil integrere alle funksjonane til den tidlegare utvida politiske komiteen og PMSC i NACC/PFP-format.
PMSC vil komme saman, slik situasjonen tilseier, i det formatet som er aktuelt i saker som gjeld alliansen og grupper av partnarar (t.d. PARP). PMSC og PC med partnarar vil møtast minst ein gong i månaden, og oftare dersom det trengst. Andre NATO-komitear vil gje utvida høve til å arbeide saman med partnarar om samarbeidsspørsmål, og vil informere EAPC om sitt arbeid i slike tilfelle. Aktivitetane deira vil bli ein del av ramma for Det euroatlantiske samarbeidsrådet. Ein viktig del av denne ramma vil vere nye høve til samråd mellom partnarar og Militærkomiteen. Militærkomiteen vil òg spele ei viktig rolle i det utvida spekteret av konsultasjons- og samarbeidsfora som den framtidige støttestrukturen for EAPC gjev rom for.
Substans
10. Det euroatlantiske partnarskapsrådet vil, når det vert oppretta, vedta NACC sin arbeidsplan for dialog, partnarskap og samarbeid, og vil erstatte han med ein arbeidsplan for EAPC som ein del av sitt framtidige arbeid. Aktivitetane som er tekne med i arbeidsprogrammet for partnarskapen (PWP), vil òg komme inn under det allmenne arbeidsområdet til EAPC.
11. Konkrete emneområde der alliansen og partnarane vil kunne samarbeid innanfor EAPC, kan omfatte, men ikkje vere avgrensa til: politiske og tryggingsrelaterte saker; krisehandtering; regionale saker; rustingskontrollspørsmål; spreiings- og forsvarsspørsmål i samband med kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen (ABC-våpen); internasjonal terrorisme; forsvarsplanlegging og -budsjett, forsvarspolitikk og -strategi; tryggingspolitiske verknader av økonomiske utviklingstendensar. Det vil òg vere rom for konsultasjonar og samarbeid om spørsmål som: sivil krise- og katastrofeberedskap; materiellsamarbeid i regi av Konferansen av materiellavdelingssjefane i dei nasjonale forsvarsdepartementa (CNAD); atomtryggleik; forsvarsrelaterte miljøspørsmål; sivil-militær samordning av styring og kontroll med lufttrafikk; vitskapleg samarbeid og spørsmål i tilknyting til fredsstøtteoperasjonar.
Krav til medlemskap
12. Noverande NACC-medlemer og deltakarland i PFP vert automatisk medlemer i Det euroatlantiske partnarskapsrådet dersom dei vil. Det euroatlantiske partnarskapsrådet er ope for opptak av andre deltakarland i OSSE som kan og vil godta grunnprinsippa for rådet og medverke til å nå dei måla det set seg. Nye medlemer kan bli med i EAPC ved at dei blir medlemer i Partnarskap for fred ved å underteikne rammedokumentet for PFP, og ved å seie frå om at dei godtek konseptet for EAPC slik det er lagt fram i dette dokumentet. EAPC vil bli invitert til å slutte seg til opptaket av nye medlemer.
1.13 CHARTER FOR EIN EIGEN PARTNARSKAP MELLOM ATLANTERHAVSPAKTA SIN ORGANISASJON OG UKRAINA, MADRID, 9. JULI 1997
I. Eit forbetra tilhøve mellom NATO og Ukraina
1. Atlanterhavspakta sin organisasjon (NATO) og medlemsstatane i denne på den eine sida og Ukraina på den andre sida, heretter kalla NATO og Ukraina,
som forpliktar seg på høgste politiske nivå;
som erkjenner dei grunnleggjande endringane i tryggingsmiljøet i Europa, som har gjort at tryggleiken til kvar stat er uløyseleg knytt til tryggleiken til alle dei andre;
som er bestemte på å styrkje den gjensidige tilliten og samarbeidet for å auke tryggleiken og stabiliteten, og å samarbeide om å byggje eit stabilt, fredeleg og udelt Europa;
som legg vekt på at NATO sidan slutten på den kalde krigen har gjennomført ei djuptgåande omforming og stadig tilpassar seg for å møte endringane i den euroatlantiske tryggingssituasjonen, mellom anna ved frå sak til sak å støtte nye oppdrag i form av fredstryggingsoperasjonar under leiing av Tryggingsrådet i FN eller med OSSE som ansvarleg part;
som gler seg over den framgangen Ukraina har gjort og ser fram til vidare tiltak for å utvikle dei demokratiske institusjonane i landet, gjennomføre radikale økonomiske reformer og å utdjupe prosessen for integrasjon med heile spekteret av europeiske og euroatlantiske strukturar;
som merkjer seg NATO si positive rolle i å bevare freden og stabiliteten i Europa og å skape større tillit og opnare tilhøve i det euroatlantiske området, og at det er ope for samarbeid med dei nye demokratia i Sentral- og Aust-Europa, som Ukraina er ein uløyseleg del av;
som er overtydde om at eit uavhengig, demokratisk og stabilt Ukraina er ein av nøkkelfaktorane for å sikre stabilitet i Sentral- og Aust-Europa, og på kontinentet sett under eitt;
som er klar over kor viktig det er å ha eit sterkt og varig tilhøve mellom NATO og Ukraina, og erkjenner at det er gjort handfast framgang med ei rekkje aktivitetar for å utvikle eit forbetra og styrkt tilhøve mellom NATO og Ukraina på det grunnlaget som vart skapt ved den felles pressemeldinga av 14. september 1995;
som er fast bestemte på å utvide og intensivere samarbeidet seg imellom ytterlegare innanfor rammene av Det euroatlantiske partnarskapsrådet, mellom anna det forbetra programmet for PFP;
som gler seg over det praktiske samarbeidet dei imellom innanfor IFOR/SFOR og andre fredstryggingsoperasjonar på territoriet til det tidlegare Jugoslavia;
som deler det synet at opninga av alliansen mot nye medlemer, i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten, har som siktemål å styrkje stabiliteten i Europa og tryggleiken til alle land i Europa, utan på nytt å skape skiljeliner;
forpliktar seg, på grunnlag av dette charteret, til ytterlegare å utvide og styrkje samarbeidet seg imellom og å utvikle ein eigen og varig partnarskap, noko som vil fremje ytterlegare stabilitet og felles demokratiske verdiar i Sentral- og Aust-Europa.
II. Prinsipp for utviklinga av samkvemmet mellom NATO og Ukraina
2. NATO og Ukraina vil basere tilhøvet seg imellom på prinsippa og pliktene i folkeretten og internasjonale dokument, mellom anna FN-charteret, sluttakta frå Helsinki og påfølgjande OSSE-dokument. NATO og Ukraina stadfester difor at dei er forplikta til:
erkjenninga av at tryggleiken til alle statar i OSSE-området er udeleleg, at ingen stat må arbeide for eigen tryggleik på kostnad av nokon annan, og at ingen stat kan sjå på nokon del av OSSE-regionen som sin interessesfære;
å avstå frå å bruke eller truge med å bruke makt mot nokon stat i noka form som er i strid med FN-charteret eller dei prinsippa i Helsinki-sluttakta som tener som rettesnor for deltakarstatane;
den naturlege retten alle statar har til fritt å velje og gjennomføre sine eigne tryggingsordningar, og til fritt å velje eller endre sine tryggingsordningar, mellom anna allianseavtalar, etter kvart som dei utviklar seg;
respekt for alle andre nasjonars suverenitet, territorielle integritet og sjølvstende, for ukrenkelege grenser og utvikling av godt samkvem mellom naboland;
rettsstatleg praksis, fremje av demokrati, politisk pluralisme og marknadsøkonomi;
menneskerettane og rettane til personar som tilhøyrer nasjonale minoritetar;
førebygging av konfliktar og løysing av tvistar med fredelege middel i samsvar med FN og OSSE sine prinsipp.
3. Ukraina stadfester at det står fast på å føre vidare forsvarsreformene sine, styrkje demokratisk og sivil kontroll med dei væpna styrkane og å setje desse betre i stand til å fungere saman med styrkane til NATO og partnarland. NATO stadfester at det støttar Ukraina i dette.
4. Ukraina ser med glede på NATO si vedvarande og aktive tilpassing for å møte endringane i den euroatlantiske tryggingssituasjonen, og på den rolla det spelar i samarbeid med andre internasjonale organisasjonar som OSSE, Den europeiske unionen, Europarådet og Den vesteuropeiske unionen for å fremje tryggleiken i det euroatlantiske området og å medverke til eit klima av allmen tillit og tiltru i Europa.
III. Område for konsultasjon og/eller samarbeid mellom NATO og Ukraina
5. I det dei stadfester det felles målet om å gjennomføre samråd og samarbeid i eit breitt spekter av spørsmål, forpliktar NATO og Ukraina seg til å utvikle og styrkje samrådet og/eller samarbeidet seg imellom på dei områda som er nemnde nedanfor. I samanheng med dette stadfester NATO og Ukraina at dei er forplikta til full utvikling av EAPC og det forbetra PFP. Dette inneber ukrainsk deltaking i operasjonar, mellom anna i fredstryggingsoperasjonar på enkeltståande grunnlag, under leiing av Tryggingsrådet i FN eller med OSSE som ansvarleg part, og, dersom CJTF vert brukte i slike tilfelle, til ukrainsk deltaking i desse på eit tidleg stadium og på enkeltståande grunnlag, med atterhald om dei vedtak Det nordatlantiske rådet gjer om konkrete operasjonar.
6. Konsultasjonane mellom NATO og Ukraina vil dekkje spørsmål av felles interesse, mellom anna:
politiske og trygginsrelaterte emne, særleg utviklinga av tryggleik og stabilitet i det euroatlantiske området, som også omfattar tryggleiken til Ukraina;
konfliktførebygging, krisehandtering, fredsstøtte, konfliktløysing og humanitære operasjonar, idet det vert teke omsyn til FN og OSSE sine roller på dette feltet;
dei politiske og forsvarsmessige sidene ved ikkje-spreiing av kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen;
nedrusting og rustingskontrollspørsmål, mellom anna i samband med Avtalen om konvensjonelle væpna styrkar i Europa (CFE-avtalen), Avtalen om opne luftrom, og tryggings- og tillitsskapnade tiltak i Wien-dokumentet av 1994;
våpeneksport og teknologioverføring i samband med dette;
kamp mot narkotikahandel og terrorisme.
7. Område for konsultasjon og samarbeid, særleg gjennom felles seminar, felles arbeidsgrupper og andre samarbeidsprogram, vil dekkje eit brett utval av emne, mellom anna:
sivil kriseplanlegging, katastrofeberedskap;
sivilt/militært samkvem, demokratisk kontroll med væpna styrkar og ukrainsk forsvarsreform;
forsvarsplanlegging, budsjettering, politikk, strategi og nasjonale tryggingskonsept;
forsvarsomlegging;
militært samarbeid og samverknad mellom Ukraina og NATO;
økonomiske tryggingsaspekt;
spørsmål om vitskap og teknologi;
miljømessige tryggingsspørsmål, mellom anna atomtryggleik;
forsking og utvikling for luft- og romfart gjennom AGARD;
sivil-militær samordning av styring og kontroll med lufttrafikk.
8. I tillegg vil NATO og Ukraina i størst mogeleg grad undersøkje følgjande område for samarbeid:
materiellsamarbeid (utover den eksisterande CNAD-dialogen);
militær opplæring, mellom anna PFP-øvingar på ukrainsk territorium og NATO-støtte til den polsk-ukrainske fredstryggingsbataljonen;
fremje av forsvarssamarbeid mellom Ukraina og nabolanda.
9. Andre område for konsultasjon og samarbeid kan komme i tillegg etter gjensidig avtale på grunnlag av dei røynslene som vert hausta.
10. Sidan informasjonsverksemd er svært viktig for å skape auka gjensidig kunnskap og forståing, har NATO oppretta eit informasjons- og dokumentasjonssenter i Kiev. På ukrainsk side vil ein gje full støtte til drifta av senteret i samsvar med memorandumet mellom NATO og regjeringa i Ukraina som vart underteikna i Kiev 7. mai 1997.
IV. Praktiske ordningar for konsultasjon og samarbeid mellom NATO og Ukraina
11. Konsultasjon og samarbeid som fastsett i dette charteret vil finne stad gjennom:
møte mellom NATO og Ukraina på NAC-nivå med dei mellomrom partane gjer avtale om;
møte mellom NATO/Ukraina og aktuelle NATO-komitear etter avtale mellom partane;
gjensidige gjestingar på høgt nivå;
mekanismar for militært samarbeid, mellom anna periodiske møte med forsvarssjefane i NATO og aktivitetar innanfor rammene av det forbetra PFP-programmet;
ei ukrainsk militær liaison-avdeling vil bli oppretta som ein del av den ukrainske representasjonen hos NATO i Brussel. NATO tek på gjensidig grunnlag atterhald om rett til å opprette ei militær liaison-avdeling i Kiev.
Møta vil normalt finne stad i NATO-hovudkvarteret i Brussel. Unntaksvis kan møte haldast andre stader, også i Ukraina, etter avtale mellom partane. Møta vil i regelen finne stad på grunnlag av ein avtala møteplan.
12. NATO og Ukraina vurderer tilhøvet seg imellom som ein dynamisk prosess i utvikling. For å sikre at dei utviklar tilhøvet seg imellom og gjennomfører føresegnene i dette charteret i fullast mogeleg omfang, vil Det nordatlantiske rådet med visse mellomrom møte Ukraina i NATO-Ukraina-kommisjonen, som regel minst to gonger i året. NATO-Ukraina-kommisjonen skal ikkje duplisere funksjonane til andre mekanismar som er nemnde i dette charteret, men vil i staden komme saman for på breitt grunnlag å vurdere gjennomføringa av tilhøvet seg i mellom, gå gjennom planlegging for framtida og føreslå måtar å forbetre eller vidareutvikle samarbeidet mellom NATO og Ukraina på.
13. NATO og Ukraina vil oppmuntre til utvida dialog og samarbeid mellom Den nordatlantiske forsamlinga og Verkhovna Rada.
V. Samarbeid for eit tryggare Europa
14. Dei allierte i NATO vil støtte ukrainsk suverenitet, sjølvstende, territoriell integritet, demokratisk utvikling og økonomisk framgang for Ukraina og landet sin status som kjernevåpenfri stat, og dessutan prinsippet om ukrenkelege grenser, som nøkkelfaktorar i stabiliteten og tryggleiken i Sentral- og Aust-Europa og på kontinentet som heilskap.
15. NATO og Ukraina vil utvikle ein krisekonsultasjonsmekanisme for å rådføre seg med kvarandre dersom Ukraina skulle kjenne seg direkte truga med omsyn til territoriell integritet, politiske sjølvstende eller tryggleik.
16. NATO gler seg over og støttar det faktum at Ukraina har fått tryggingsgarantiar som kjernevåpenfri part i Avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) frå alle dei fem kjernevåpenstatane som er part i NPT, og minner om at Sambandsstatane og Storbritannia saman med Russland, og Frankrike einsidig, har forplikta seg gjennom det historiske vedtaket dei gjorde i Budapest om å gje Ukraina tryggingsgarantiar som kjernevåpenfri part i NPT.
Det epokegjerande vedtaket til Ukraina om å gje avkall på kjernevåpen og tiltre NPT som kjernevåpenfri stat, har vore sterkt medverkande til styrkinga av tryggleiken og stabiliteten i Europa og sett Ukraina i ei særstilling i verdssamfunnet. NATO gler seg over Ukraina sitt vedtak om å støtte ei forlenging av NPT på ubestemt tid og at det har medverka til tilbaketrekking og demontering av kjernevåpen som det hadde utplassert på sitt territorium.
Det styrkte samarbeidet mellom Ukraina og NATO vil auke og utdjupe den politiske dialogen mellom Ukraina og medlemene i alliansen i eit breitt spekter av tryggingsspørsmål, mellom anna atomspørsmål. Dette vil medverke til eit forbetra tryggingsmiljø i Europa under eitt.
17. NATO og Ukraina merkjer seg at flankedokumentet til CFE vart underteikna 15. mai 1997. NATO og Ukraina vil framleis samarbeide i saker av felles interesse, til dømes tilpassing av CFE. NATO og Ukraina aktar å gjere CFE-avtalen meir tenleg i eit miljø i endring og dermed auke tryggleiken til kvar avtalepart, om han er medlem av ein politisk-militær allianse eller ikkje. Dei er begge av den oppfatning at nærværet av framande styrkar på territoriet til ein deltakarstat må vere i samsvar med folkeretten, samtykke som vertsstaten fritt gjev uttrykk for eller eit relevant vedtak i Tryggingsrådet i FN.
18. Ukraina gler seg over fråsegna frå NATO-medlemene om at utviding av alliansen ikkje vil krevje endring i dei noverande kjernevåpendisposisjonane til NATO, og NATO-land difor ikkje aktar, ikkje planlegg og ikkje har grunn til å utplassere kjernevåpen på territoriet til nye medlemer, ikkje treng endre noko aspekt ved NATOs kjernevåpendisposisjonar eller kjernvåpenpolitikk - og ikkje ser noko framtidig behov for å gjere dette.
19. Medlemsstatane i NATO og Ukraina vil halde fram med å gjennomføre fullt ut alle avtalar om nedrusting, ikkje-spreiing og rustingskontroll og tillitbyggjande tiltak som dei er part i.
Dette charteret trer i kraft ved underteikning.
Dette charteret er utferda i to originalar på engelsk, fransk og ukrainsk, og alle tre tekstane gjeld likt.
1.14 ERKLÆRING FRÅ VEU OM DEN VESTEUROPEISKE UNIONEN SI ROLLE OG SAMKVEMMET MED DEN EUROPEISKE UNIONEN OG MED ATLANTERHAVSALLIANSEN, AMSTERDAM, 22. JULI 1997
Erklæring vedteken av ministerrådet i VEU den 22. juli 1997 og vedlagd Sluttakta frå regjeringskonferansen som vart avslutta med underteikning av Amsterdam-traktaten den 2. oktober 1997.
Innleiing
1. Medlemsstatane i Den vesteuropeiske unionen (VEU) vart i Maastricht i 1991 samde om behovet for å utvikle ein ekte europeisk tryggings- og forsvarsidentitet (ESDI) og å ta større europeisk ansvar i forsvarssaker. I lys av Amsterdam-traktaten stadfester dei at det er viktig å føre vidare og styrkje denne innsatsen. VEU er ein integrert del av utviklinga av Den europeiske unionen (EU) og gjev unionen tilgang til ein operativ kapasitet, særleg i samanheng med Petersberg-oppgåvene, og er eit vesentleg element i utviklinga av ESDI innanfor Atlanterhavsalliansen i samsvar med Paris-erklæringa og med vedtaka NATO-ministrane gjorde i Berlin.
2. I dag samlar VEU-rådet alle medlemsstatane i Den europeiske unionen og alle dei europeiske medlemene i Atlanterhavsalliansen i samsvar med deira respektive status. Rådet fører òg desse statane saman med dei sentral- og austeuropeiske statane som er knytte til Den europeiske unionen gjennom assosieringsavtale, og som er søkjarar til tiltreding både til Den europeiske unionen og til Atlanterhavsalliansen. VEU er såleis i ferd med å etablere seg som ei ekte ramme for dialog og samarbeid mellom europearar i europeiske tryggings- og forsvarssaker i vidare forstand.
3. I denne samanhengen merkjer VEU seg avdeling V i Traktaten for den europeiske unionen om EU sin felles utanriks- og tryggingspolitikk, særleg artikkel J.3(1), J.7 og protokollen til artikkel J.7, som har følgjande ordlyd:
Artikkel J.3(1)
1. Det europeiske rådet skal definere prinsippa og dei allmenne retningslinene for den felles utanriks- og tryggingspolitikken, også for saker med forsvarsmessige implikasjonar.
Artikkel J.7
1. Den felles utanriks- og tryggingspolitikken skal omfatte alle spørsmål som gjeld tryggleiken til unionen, mellom anna ei stegvis utforming av ein felles forsvarspolitikk i samsvar med andre underavsnittet, som kan føre fram til eit felles forsvar dersom Det europeiske rådet skulle ta slik avgjerd. Det skal i så fall tilrå for medlemsstatane at slik avgjerd vert vedteken i samsvar med deira respektive konstitusjonelle krav.
Den vesteuropeiske unionen (VEU) er ein integrert del av utviklinga av unionen, og gjev unionen tilgang til ein operasjonell kapasitet, særleg i samanheng med nr. 2. VEU støttar unionen i utforminga av dei forsvarsmessige sidene ved den felles utanriks- og tryggingspolitikken som er nemnd i denne artikkelen. Unionen skal difor fremje tettare institusjonelt samkvem med VEU med sikte på eventuelt å integrere VEU i unionen, dersom Det europeiske rådet skulle ta slik avgjerd. Det skal i så fall tilrå for medlemsstatane at slik avgjerd vert vedteken i samsvar med deira respektive konstitusjonelle krav.
Unionen sin politikk etter denne artikkelen skal ikkje vere til skade for eigenarta ved tryggings- og forsvarspolitikken til visse medlemsstatar, og skal respektere dei pliktene visse medlemsstatar, som ser sitt felles forsvar realisert gjennom Atlanterhavspakta sin organisasjon (NATO), har etter Atlanterhavspakta, og skal vere i tråd med den felles tryggings- og forsvarspolitikken som er fastsett der.
Det stegvise utforminga av ein felles forsvarspolitikk vil, når medlemsstatane finn det tenleg, bli støtta av samarbeid dei imellom på materiellområdet.
2. Spørsmål som det er vist til i denne artikkelen skal omfatte humanitære oppgåver og redningsoppgåver, fredstryggingsoppgåver og oppgåver for kampstyrkar i krisehandtering, også fredsskaping.
3. Unionen skal gjere seg nytte av VEU for å vidareutvikle og gjennomføre vedtak og handlingar på vegner av unionen når desse har forsvarsmessige implikasjonar.
Det europeiske rådet sin kompetanse til å etablere retningsliner i samsvar med artikkel J.3 skal også gjelde med omsyn til VEU i dei sakene der unionen gjer seg nytte av VEU.
Når unionen gjer seg nytte av VEU til å vidareutvikle og gjennomføre vedtak på vegner av unionen i samband med dei oppgåvene som er nemnde i nr. 2, skal alle medlemsstatar i unionen ha rett til å delta fullt ut dei aktuelle oppgåvene. Rådet skal, i samråd med VEU-institusjonane, vedta dei praktiske ordningar som trengst for at alle medlemsstatar som medverkar til dei aktuelle oppgåvene, skal kunne delta fullt ut og på like fot i planlegging og avgjerdstaking i VEU.
Vedtak med forsvarsmessige implikasjonar som kjem inn under dette nr., skal vere utan skade for slik politikk og slike plikter som det er vist til i nr. 1, tredje underavsnitt.
4. Føresegnene i denne artikkelen skal ikkje hindre utviklinga av tettare samarbeid mellom to eller fleire medlemsstatar på bilateralt nivå innanfor rammene av VEU og Atlanterhavsalliansen, så sant slikt samarbeid ikkje er i strid med eller hindrar det samarbeidet det er gjeve føresegner om i denne avdelinga.
5. Med sikte på fremje målsetjingane med denne artikkelen vil føresegnene i denne artikkelen bli gjennomgådde i samsvar med artikkel N.»
Protokoll til artikkel J.7
DEI HØGE TRAKTATPARTANE,
SOM MINNER OM behovet for fullt ut å gjennomføre føresegnene i artikkel J.7(1), andre underavsnitt, og (3) i Traktaten om Den europeiske unionen,
SOM MINNER OM at unionen sin politikk i samsvar med artikkel J.7 ikkje skal vere til skade for eigenarten ved tryggings- og forsvarspolitikken til visse medlemsland, og skal respektere dei pliktene visse medlemsstatar, som ser sitt felles forsvar realisert gjennom Atlanterhavspakta sin organisasjon (NATO), har etter Atlanterhavspakta, og skal vere i tråd med den felles tryggings- og forsvarspolitikken som er fastsett der,
ER KOMNE TIL SEMJE OM følgjande føresegn, som vert lagd ved Traktaten om Den europeiske unionen:
Den europeiske unionen skal saman med Den vesteuropeiske unionen fastsetje ordningar for betra samarbeid dei imellom, innan eit år etter at Amsterdam-traktaten trer i kraft."
A. Samkvemmet mellom VEU og Den europeiske unionen: I takt med gjennomføringa av Amsterdam-traktaten
4. I erklæringa om rolla til Den vesteuropeiske unionen og om samkvemmet med Atlanterhavsalliansen av 10. desember 1991 sette medlemsstatane i VEU seg som mål å "byggje VEU opp etappevis som forsvarskomponent i Den europeiske unionen". I dag stadfester dei dette målet slik det utlagt i Amsterdam-traktaten.
5. Når unionen gjer seg nytte av VEU, vil VEU vidareutvikle og gjennomføre EU sine vedtak og handlingar i den mon dei får forsvarsmessige følgjer.
For å vidareutvikle og gjennomføre EU sine vedtak og handlingar på område der EU gjer seg bruk av VEU, vil VEU opptre i samsvar med retningsliner som Det europeiske rådet fastset.
VEU hjelper unionen med å fastsetje rammene for dei forsvarspolitiske sidene ved den felles utanriks- og tryggingspolitikken til EU, som er skissert i artikkel J.7 i Traktaten om Den europeiske unionen.
6. VEU stadfester at når Den europeiske unionen gjer seg bruk av VEU til å vidareutvikle og gjennomføre unionen sine vedtak i samband med oppgåver som er nemnde i artikkel J.7(2) i Traktaten om den europeiske unionen, skal alle medlemsstatar i unionen ha rett til å delta fullt ut i dei aktuelle oppgåvene i samsvar med artikkel J.7(3) i Traktaten om Den europeiske unionen.
VEU vil utvikle observatørane si rolle i VEU i tråd med føresegnene i artikkel J.7(3), og vil vedta dei praktiske ordningar som trengst for at alle medlemsstatar i EU som medverkar til dei oppgåvene VEU tek på seg på oppmoding frå EU, skal kunne delta fullt ut og på like fot i planlegging avgjerdstaking i VEU.
7. I tråd med protokollen til artikkel J.7 i Traktaten om Den europeiske unionen skal VEU saman med Den europeiske unionen skissere ordningar for forbetra samarbeid dei imellom. I samband med dette kan ei rekkje tiltak, der VEU alt er gang med arbeidet, førast vidare no, mellom anna:
ordningar for å forbetre koordineringa mellom konsultasjons- og avgjerdsprosessane i dei respektive organisasjonane, særleg i krisesituasjonar;
avvikling av felles møte i dei aktuelle organa i dei to organisasjonane;
størst mogeleg harmonisering av rekkjefølgja for presidentskapane i VEU og EU og av forvaltningsreglar og -praksis i dei to organisasjonane;
nær samordning av arbeidet i staben til generalsekretæren for VEU og generalsekretariatet i Rådet for Den europeiske unionen, mellom anna gjennom utveksling og overføring av personell;
ordningar som gjer at dei aktuelle organa i EU, mellom anna eininga for politikkplanlegging og varsling, kan gjere seg nytte av ressursane til Plancella, Situasjonssenteret og Satellittsenteret til VEU;
samarbeid på materiellområdet, når det passar, innanfor rammene av Den vesteuropeiske materiellgruppa (WEAG) som europeisk forum for materiellsamarbeid, EU og VEU i samanheng med rasjonalisering av den europeiske materiellmarknaden og oppretting av eit europeisk materiellbyrå;
praktiske ordningar for å sikre samarbeid med Den europeiske kommisjonen som speglar hans rolle i CFSP som definert i den reviderte traktaten for Den europeiske unionen;
betra tryggingsordningar med Den europeiske unionen.
B. Samkvem mellom VEU og NATO i utviklinga av ESDI innanfor Atlanterhavsalliansen
8. Atlanterhavsalliansen er framleis grunnlaget for eit kollektivt forsvar etter Atlanterhavspakta. Han er det viktigaste forumet for samråd mellom dei allierte og møteplass for å avtale politikk som har å gjere med tryggings- og forsvarsoppgåvene til dei allierte etter Washington-traktaten. Alliansen er i gang med ein tilpassings- og reformprosess for meir effektivt å kunne utføre heile sitt spekter av oppdrag. Denne prosessen siktar mot å styrkje og fornye den transatlantiske partnarskapen, mellom anna ved å byggje opp ESDI innanfor alliansen.
9. VEU er eit vesentleg element i utviklinga av den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten innanfor Atlanterhavsalliansen, og vil difor arbeide vidare for å styrkje det institusjonelle og praktiske samarbeidet med NATO.
10. I tillegg til støtte til fellesforsvaret som er nedfelt i artikkel 5 i Washington-traktaten og artikkel V i den modifiserte Brussel-traktaten, tek VEU ei aktiv rolle i konfliktførebygging og krisehandtering slik Petersberg-erklæringa gjev rom for. I denne samanhengen lovar VEU å spele si rolle fullt ut og samstundes respektere kravet om fullt innsyn og komplementaritet mellom dei to organisasjonane.
11. VEU stadfester at denne identiteten vil vere grunnlagd på sunne militære prinsipp og ha støtte i tilstrekkeleg militær planlegging, og at han vil gjere det mogeleg å opprette militært samstemte og effektive styrkar som kan operere under politisk kontroll og strategisk leiing av VEU.
12. For å oppnå dette vil VEU utvikle sitt samarbeid med NATO, særleg på følgjande område:
Mekanismar for samråd mellom VEU og NATO i samband med kriser;
VEU som aktiv deltakar i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO;
Operasjonelle tilknytingspunkt mellom VEU og NATO for planlegging, førebuing og gjennomføring av operasjonar der det vert nytta ressursar og kapasitetar frå NATO under politisk styring og strategisk leiing av VEU, mellom anna:
militær planlegging, utført av NATO i samråd med VEU, og øvingar;
ein rammeavtale for overføring, tilsyn med og tilbakeføring av ressursar og kapasitetar som tilhøyrer NATO;
liaison-funksjonar mellom VEU og NATO i samanheng med europeiske kommandoordningar.
Dette samarbeidet vil utvikle seg vidare idet ein òg tek omsyn til tilpassinga av alliansen.
C. VEU si operasjonelle rolle i utviklinga av ESDI
13. VEU vil utvikle si rolle som europeisk politisk-militært organ for krisehandtering ved å bruke dei ressursar og kapasitetar som vert stilte til disposisjon av VEU-nasjonane på nasjonal eller fleirnasjonal basis, og ved å nytte NATO sine ressursar og kapasitetar når situasjonen tilseier det, i samsvar med ordningar som er under utarbeiding. I denne samanhengen vil VEU òg støtte FN og OSSE i deira krisehandteringsoppgåver.
VEU vil innanfor rammene av artikkel J.7 i Traktaten om Den europeiske unionen medverke til ei stegvis utforming av ein felles forsvarspolitikk og fremje den konkrete gjennomføringa av denne ved å vidareutvikle si eiga operasjonelle rolle.
14. For å oppnå dette vil VEU arbeide vidare på følgjande område:
VEU har utvikla krisehandteringsmekanismar og prosedyrar som vil bli oppdaterte etter kvart som VEU haustar erfaring gjennom øvingar og operasjonar. Gjennomføringa av Petersberg-oppdrag krev fleksible reaksjonsmåtar som er tilpassa mangfaldet av krisesituasjonar og som utnyttar tilgjengelege kapasitetar optimalt, mellom anna ved å gjere bruk av eit nasjonalt hovudkvarter, som kan vere eitt som vert stilt til disposisjon av ein rammenasjon, eller av eit fleirnasjonalt hovudkvarter som vert stilt til rådvelde for VEU, eller av NATO sine ressursar og kapasitetar;
VEU har alt utarbeidd førebels konklusjonar med omsyn til formuleringa av ein felles europeisk forsvarspolitikk, og desse utgjer eit første bidrag til å definere målsetjingar, omfang og verkemiddel for ein felles europeisk forsvarspolitikk.
VEU vil arbeide vidare med dette, særleg på grunnlag av Paris-erklæringa og idet det vert teke omsyn til dei relevante elementa i vedtak frå VEU- og NATO-toppmøte og ministermøte sidan Birmingham. Arbeidet vil vere konsentrert om følgjande felt:
definisjon av prinsipp for bruken av væpna styrkar frå VEU-statar i Petersberg-operasjonar for å nå felles europeiske tryggingsinteresser;
organisering av operative middel til Petersberg-oppgåver, til dømes planlegging og øvingar av generell art og med tanke på krisesituasjonar, klargjering av styrkar med evne til samverknad, mellom anna gjennom deltaking i forsvarsplanleggingsprosessen i NATO når situasjonen tilseier det;
strategisk mobilitet på basis av arbeidet det til no har gjort;
forsvarsetterretning gjennom Plancella, Situasjonssenteret og Satellittsenteret;
VEU har vedteke mange tiltak for å styrkje si operasjonelle rolle (planleggingscella, situasjonssenteret, satellittsenteret). Forbetringa i funksjonen til dei militære komponentane i VEU-hovudkvarteret og opprettinga under rådets autoritet av ein militærkomité vil representere ei vidare styrking av strukturar som er viktige for ei vellukka førebuing og gjennomføring av VEU-operasjonar;
med sikte på å gje høve for alle assosierte medlemer og observatørstatar til å delta i alle VEU-operasjonar, vil VEU òg undersøkje kva nærare vilkår som trengst for å tillate assosierte medlemer og observatørstatar å delta fullt ut i samsvar med sin status i alle operasjonar som VEU tek på seg;
VEU minner om at assosierte medlemer tek del på same like fot med fulle medlemer i operasjonar som dei medverkar til, og i relevante øvingar og planlegging. VEU vil òg undersøkje spørsmålet om høve for observatørane til å delta i størst mogeleg omfang i samsvar med sin status i planlegging og avgjerdstaking innanfor VEU i alle operasjonar som dei medverkar til;
VEU vil, i samråd med aktuelle organ når situasjonen tilseier det, undersøkje korleis assosierte medlemer og observatørstatar kan delta maksimalt i VEU-aktivitetar i samsvar med sin status. Det vil særleg ta opp aktivitetar på område som materiell, romfart og militærstudiar;
VEU vil undersøkje korleis det kan styrkje deltakinga til dei assosierte partnarane i stadig fleire aktivitetar.