2 Konstituering og gang
2.1 Avslutning av den 52. generalforsamlinga
Den 52. generalforsamlinga vart førebels avslutta 23. desember 1997. Ho kom saman att med jamne mellomrom våren og sommaren 1998 for å drøfte uteståande spørsmål på sakslista. Den 52. generalforsamlinga vart formelt avslutta 7. september 1998.
2.2 Oppnemning av delegasjon til den 53. generalforsamlinga
Til å representere Noreg på FNs 53. generalforsamling vart følgjande delegasjon oppnemnd:
Delegerte: | |
Utanriksminister | Knut Vollebæk, leiar |
Utviklings- og menneskerettsminister | Hilde Frafjord Johnson, nestleiar |
Statssekretær | Leiv Lunde, nestleiar |
Statssekretær | Janne Haaland Matlary, nestleiar |
Ambassadør | Ole Peter Kolby, nestleiar |
1. del av sesjonen: | |
Delegerte: | |
Stortingsrepresentant | Sylvia Brustad |
Stortingsrepresentant | Ola T. Lånke |
Vararepresentantar: | |
Stortingsrepresentant | Bent Hegna |
Stortingsrepresentant | Kenneth Svendsen |
Stortingsrepresentant | Inge Lønning |
Stortingsrepresentant | Odd Roger Enoksen |
2. del av sesjonen | |
Delegerte: | |
Stortingsrepresentant | Grete Fossli |
Stortingsrepresentant | Dag Danielsen |
Vararepresentantar: | |
Stortingsrepresentant | Leif Lund |
Stortingsrepresentant | Gunn Karin Gjul |
Stortingsrepresentant | Åse Gunhild Woie Duesund |
Stortingsrepresentant | Ivar Kristiansen |
Observatørar: | |
Forum for minoritetskvinner i Norge | Fakhra Salimi |
Den norske Helsingforskomité | Lillian Hjort |
Norsk organisasjon for Asylsøkere | Bjarte Vandvik |
Landsorganisasjonen i Noreg | Bente N. Halvorsen |
Næringslivets hovedorganisasjon | Børrea Schau-Larsen |
FN-sambandet | Anita Helland |
Eva Gran | |
Kristeleg Folkepartis Ungdom | John Inge Løvdal |
Norges Handikapforbunds Ungdom | Dag Reidar Seiffert Anita Nyborg |
Mellomkyrkjeleg råd | Bjørn Vilberg |
Inger Anne Naterstad | |
Sosialistisk Venstrepartis | |
kvinnepolitiske utval | Edle Daasvand Skjæveland |
Norges Fredsråd | Ole Kopreitan |
Bent Natvig | |
Pressemedarbeidar | Liv Jørgensen |
I tillegg deltok som rådgjevarar for delegasjonen medarbeidarane ved Noregs faste delegasjon til FN og andre norske utanriksstasjonar, samt embets- og tenestemenn som arbeider med FN-spørsmål i Utanriksdepartementet.
2.3 Forsamlingas gang
Den 53. generalforsamlinga vart opna 8. september og førebels avslutta 11. desember 1998.
Dagsordenen for generalforsamlinga omfatta i alt 166 punkt. Saklista for 53. generalforsamling kom til slutt opp i 168 punkt før sesjonen vart formelt avslutta.
I denne stortingsmeldinga er det gjort greie for dei hovudsakene som prega denne sesjonen. Som grunnlag for arbeidet sitt hadde delegasjonen på vanleg måte instruksar frå Utanriksdepartementet. Delegasjonen stod i nær kontakt med dei andre nordiske landa sine delegasjonar, EU-landa sine delegasjonar og andre delegasjonar som det var naturleg å samarbeide med i dei einskilde sakene.
2.4 Konstituering og val av nye medlemmer
Den 53. generalforsamlinga valde Uruguays utanriksminister Didier Opertti til president. Som visepresidentar vart representantane for følgjande land valde: Brunei, Frankrike, Georgia, Kamerun, Kina, Lesotho, Liberia, Marokko, Myanmar, Nicaragua, Russland, San Marino, Senegal, Storbritannia, Surinam, Tyrkia, Turkmenistan, Tyskland, Uganda, USA og Yemen.
Det vart ikkje teke opp nye medlemmer av FN på den 53. generalforsamlinga. FN har dermed framleis 185 medlemmer.
På den 53. generalforsamlinga vart det innvalt fem nye ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 1999-2000. Desse er: Argentina, Canada, Malaysia, Namibia og Nederland.