1 Innleiing
Regjeringa legg med dette fram ei oversikt over arbeidet med rettferdsvederlag av statskassa.
I retningslinjene for behandling av saker som gjeld rettferdsvederlag, som vart vedtekne av Stortinget 26. oktober 1999 og sette i verk 20. november 1999, vart klageretten oppheva for vedtak gjorde av Utvalet for rettferdsvederlag etter iverksetjinga av retningslinjene.
Dei siste klagesakene vart fremja i St.prp. nr. 30 (2001-2002). Så langt Justisdepartementet kjenner til, finst det no ingen ubehandla klagesaker til førebuande behandling. I samsvar med stortingsvedtaket 26. oktober 1999 skal det utarbeidast årlege meldingar til Stortinget om ordninga for rettferdsvederlag. Gjennom behandlinga av årsmeldingar kan Stortinget såleis bli halde orientert om utviklinga og ha høve til å gi sine signal og synspunkt, jf. i denne samanheng Innst. S. nr. 4 (1999-2000) og stortingsvedtak nr. 19, punkt 2. I framtida vil derfor ei årleg orientering til Stortinget om arbeidet i Utvalet for rettferdsvederlag, og dessutan eventuelle andre generelle forhold knytte til ordninga for rettferdsvederlag, bli fremja som stortingsmelding.