3 Arbeidet i Utvalet for rettferdsvederlag
Etter utgreiinga om arbeidet i Utvalet for rettferdsvederlag, i St.prp. nr. 30 (2001-2002), hadde utvalet eitt møte i 2001, og behandla her 88 saker. Det er innvilga rettferdsvederlag i 42 av desse sakene, med til saman kr 3 745 000,-. Erstatningsutbetalingane i dei enkelte sakene for 2001 ligg mellom kr 30 000,- og kr 200 000,-.
I 2002 har utvalet hatt fem møte og til saman behandla 335 saker. Det er innvilga rettferdsvederlag i 145 av desse sakene, med til saman kr 12 975 000,-. Utbetalingane i dei enkelte sakene for 2002 ligg mellom kr 10 000,- og kr 200 000,-.