St.meld. nr. 42 (2002-2003)

Om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève, 3.-20. juni 2002

Til innhaldsliste

1 Arbeidskonferansen, juni 2002

Innleiing

Departementet legg med dette fram melding om ILOs 90. internasjonale arbeidskonferanse i Genève 3.-20. juni 2002.

Meldinga gir ei kortfatta oversikt over dei viktigaste sakene som blei drøfta på konferansen, og dei vedtaka som blei gjorde.

Meldinga inneheld vidare ei tilråding til korleis Noreg skal stille seg til spørsmålet om ratifikasjon av protokollen om tryggleik og helse i arbeidslivet, samt informasjon om rekommandasjon nr. 193 om fremje av samvirkeføretak og rekommandasjon nr. 194 om ulykker og sjukdommar knytte til yrkesutøving.

Konferansen

Konferansen sette ned ein eigen komité som hadde ein generell diskusjon om den uformelle sektoren.

I 1998 vedtok ILO ei prinsippfråsegn om grunnleggjande rettar i arbeidslivet. Eit viktig ledd i oppfølginga av fråsegna er utarbeidinga av ein årleg global rapport om grunnleggjande prinsipp og rettar. Rapporten for 2002 hadde tittelen «Ei framtid utan barnearbeid». Det var full semje om at kampen mot barnearbeid må ha høgste prioritet. Det var brei støtte til ILO sitt handlingsprogram på dette området.

Det blei vedteke ein resolusjon om trepartssamarbeid i ILO.

Generaldirektør Somavia lova å setje av økonomiske ressursar for å opprette eit fond for å fremje sosialt vern i dei palestinske områda.

Konferansen valde nytt styre for ILO for treårsperioden juni 2002 - juni 2005. Noreg blei valt inn på ein ordinær plass i styret på regjeringssida. Norges Hovedorganisasjon blei attvald til ein ordinær styreplass på arbeidsgivarsida.

Desse tre statane blei førte opp under ein særskild paragraf i komitérapporten for grove brot på grunnleggjande konvensjonar om organisasjonsfridom og tvangsarbeid: Etiopia, Sudan og Venezuela.

Situasjonen i Myanmar (Burma) blei - som året før - drøfta særskild. Bakgrunnen er den alvorlege mangelen på gjennomføring over mange år, av ILO-konvensjon nr. 29 om tvangsarbeid.

Til forsida