0 Forord
Fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Ein viser i den samanheng til St meld nr 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på syttitalet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane (rammeavtalane). Desse avtalane er ikkje særskilt omtalt i denne meldinga.
Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2003, norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar, og dei langsiktige forvaltningsplanane Noreg har vedteke saman med andre land. Det vert vidare gjort greie for dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noreg si økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar. Meldinga gjer også kort greie for kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske. Til sist gir meldinga ei oversikt over utnyttinga av kvotar av norske og utanlandske fiskarar i 2001 og 2002, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.
Kvoteavtalane for 2003 finst på Fiskeridepartementet sine heimesider: http://www.dep.no/fid/