St.meld. nr. 43 (2002-2003)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2003 og fisket etter avtalane i 2001 og 2002

Til innholdsfortegnelse

4 Langsiktige forvaltningsplanar

Det er eit sentralt mål for norske fiskeristyresmakter å få til ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Ein viktig føresetnad for å oppnå dette målet, er at ein langsiktig forvaltningsplan med konkrete mål- og grenseverdiar er på plass for den aktuelle bestand. Hittil har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane.

4.1 Presentasjon av dei ulike forvaltningsplanane

4.1.1 Fellesbestandane i Barentshavet

4.1.1.1 Norsk arktisk torsk

Den 8. november 2002, i samband med 31. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i Kabelvåg, vedtok Noreg og Russland følgjande forvaltningsplan for norsk arktisk torsk som skal gjelde for den årlege kvotefastsettinga frå og med 2004:

  • Rekn ut gjennomsnittlig TAC 1-nivå for dei 3 komande år basert på Fpa2. TAC for neste år blir fastsett til denne utgangsverdien av TAC for desse 3 åra

  • påfølgjande år blir utrekninga av TAC gjenteke for dei neste 3 år basert på oppdatert informasjon om bestandsutviklinga, like fullt såleis at TAC ikkje skal endrast med meir enn +/- 10 % av TAC for føregåande år

  • dersom gytebestanden fell under Bpa3 vil partane måtte vurdere lågare TAC enn det planen tilseier

Forvaltningsplanen for torsk skal ta vare på omsynet til:

  • å leggja til rette for eit langsiktig høgt utbytte

  • ynskjet om stor grad av stabilitet i TAC frå år til år

  • full utnytting av den til einkvar tid tilgjengelege informasjon om bestandsutviklinga

4.1.1.2 Norsk arktisk hyse

Same dag som Noreg og Russland vedtok forvaltningsplanen for norsk arktisk torsk vedtok dei ein tilsvarande forvaltningsplan for norsk arktisk hyse som også skal gjelde for den årlege kvotefastsettinga frå og med 2004:

  • Rekn ut gjennomsnittleg TAC-nivå for dei 3 komande år basert på Fpa4. TAC for neste år blir fastsett til denne utgangsverdien av TAC for desse 3 åra

  • påfølgjande år blir utrekninga av TAC gjenteke for dei neste 3 år basert på oppdatert informasjon om bestandsutviklinga, like fullt såleis at TAC ikkje skal endrast med meir enn +/- 25 % av TAC for føregåande år

  • dersom gytebestanden fell under Bpa5 vil partane måtte vurdere lågare TAC enn det planen tilseiar

Også forvaltningsplanen for hyse skal ta vare på omsynet til:

  • å leggja til rette for eit langsiktig høgt utbytte

  • ynskje om stor grad av stabilitet i TAC frå år til år

  • full utnytting av den til einkvar tid tilgjengelege informasjon om bestandsutviklinga

4.1.1.3 Lodde i Barentshavet

Samtidig med forvaltningsplanane for torsk og hyse, vedtok Noreg og Russland også følgjande forvaltningsplan for lodde:

TAC skal ikkje setjast høgare enn at, med 95 % sannsyn, minst 200.000 tonn lodde får høve til å gyte.

4.1.2 Botnfisk og sild i Nordsjøen

Noreg og EU vedtok forvaltningsplanar for torsk, hyse, sei og raudspette i Nordsjøen fyrste gong 2. desember 1999. Desse forvaltningsplanane har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 20. desember 2002 i samband med fiskeriforhandlingane med EU for 2003.

4.1.2.1 Torsk i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for torsk i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast for å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 70.000 tonn (Blim6).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.65 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 150.000 tonn (Bpa), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 150.000 tonn.

  4. For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av torsk, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også anna botnfisk blir hausta i desse fiskeria, bli betra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.

  5. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.1.2.2 Hyse i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for hyse i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast for å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 100.000 tonn (Blim).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.70 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 140.000 tonn (Bpa), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 140.000 tonn.

  4. For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av hyse, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også anna botnfisk blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.

  5. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.1.2.3 Sei i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for sei i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast for å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 106.000 tonn (Blim).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.40 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 200.000 tonn (Bpa), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 200.000 tonn.

  4. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.1.2.4 Raudspette i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for raudspette i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 210.000 tonn (Blim).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.30 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 300.000 tonn (Bpa), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 300.000 tonn.

  4. For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av raudspette, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også andre demersale artar blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.

  5. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.1.2.5 Sild i Nordsjøen

Noreg og EU vedtok ein forvaltningsplan for sild i Nordsjøen fyrste gong 2. desember 1997. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 20. desember 2002 i samband med fiskeriforhandlingane med EU for 2003. I tillegg til å fastsette fordelinga av bestanden, inneheld forvaltningsplanen følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit nivå på gytebestanden som er større enn det lågaste biologisk aksepterte nivå (MBAL) på 800.000 tonn.

  2. Ein forvaltningsstrategi for mellomlang sikt, kor årlege kvoter skal bli satt for det direkte fisket og for bifangstar i andre fiskeri som definert av ICES, som skal reflektere eit fiskedøyingstal på 0.25 for 2-åringar og eldre og 0.12 for 0-1-åringar, skal setjast i verk.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 1.3 millionar tonn, vil fiskedøyingstala nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av dei presise forholda som rår då for å sikre rask atterreising av gytebestanden til nivå langt over 1.3 millionar tonn.

    Atterreisingsplanen nemnt ovanfor kan, mellom anna, inkludere ytterlegare avgrensingar av innsatsen i form av spesielle lisensar for fartøy, regulering av fiskedøgn, stenging av område og/eller periodar, spesielle meldingskrav eller andre passande kontrolltiltak.

  4. Bifangst av sild kan berre landast i havner kor passande prøvetakingsordningar for effektivt å kunne overvake landingane har blitt etablert. Alle landa fangstar skal trekkast frå dei respektive kvotane som er sett, og fiskeria skal stoppast omgåande når kvotane er oppfiska.

  5. Partane skal, om det passar seg, konsultere og justere forvaltningstiltak og strategiar på basis av eventuelle nye råd frå ICES inkludert råd basert på vurderinga av talrikdommen til den yngste årsklassen.

4.1.3 Makrell i Nordaust-Atlanteren

Noreg, EU og Færøyane vedtok ein forvaltningsplan for makrell i Nordaust-Atlanteren fyrste gong 19. november 1999. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 5. november 2002. Forvaltningsplanen består av følgjande delar:

  1. For 2001 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal i området 0.15 - 0.20 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES, om ikkje framtidig vitskapleg rådgjeving krev endring av fiskedøyingstalet.

  2. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 2.300.000 tonn (Bpa), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 1 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 2.300.000 tonn.

  3. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.1.4 Norsk vårgytande sild

Noreg, EU, Russland, Island og Færøyane vedtok ein forvaltningsplan for norsk vårgytande sild fyrste gong 20. oktober 1999. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 9. november 2001. 7 Forvaltningsplanen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit nivå på gytebestanden som er større enn det kritiske nivået (Blim) på 2.500.000 tonn.

  2. For 2002 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal mindre enn 0.125 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES, om ikkje framtidig vitskapleg rådgjeving krev endring av dette fiskedøyingstalet.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 5.000.000 tonn (Bpa), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då for å sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 5.000.000 tonn. Basisen for ei slik justering skal som eit minimum vere ein lineær reduksjon av fiskedøyingstalet frå 0.125 ved Bpa ( 5.000.000 tonn) til 0.05 ved Blim (2.500.000 tonn).

  4. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.2 Generelle merknader

Med enkelte få unntak 8 er det no på plass langsiktige forvaltningsplanar for samtlige av dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Som nemnt i innleiinga er dette ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av desse bestandane. På den andre sida vil ikkje ein forvaltningsplan nødvendigvis alltid vere tilstrekkelig for å bringe opp/halda dei aktuelle bestandane på eit berekraftig nivå. Torskebestanden i Nordsjøen er til dømes eit eksempel på dette. Det er mellom anna også viktig å ha eit fangstmønster som er tilpassa den enkelte art og ein effektiv kontroll med fiskeuttaket. Norske styresmakter arbeider difor også aktivt med dette. Ein må vidare rekne med at det kan ta ei viss tid frå ein forvaltningsplan er vedteke for å bygge opp att ein bestand, til denne bestanden faktisk kan seiast å vere på eit berekraftig nivå. Uavhengig av om alle dei føresetnadene forvaltarane kan påverke er oppfylt, kan det dessutan vere vanskeleg å bygge opp att ein bestand om dei naturlege tilhøva ikkje ligg til rette for det.

Alle dei referansepunkta ICES brukar i si rådgjeving er no under revisjon. Dette vil kunne føre til at alle eller enkelte av dei tala som er oppgitt i forvaltningsplanane ovanfor blir justert. Revisjonen vil derimot ikkje medføre ei endring i det grunnleggjande målet for alle planane, nemleg å bringe opp/halda dei aktuelle bestandane på eit berekraftig nivå.

Fotnoter

1.

«Total Allowable Catch» = totalkvote

2.

Ein føre-var-grense for fiskedøyingstalet. Hittil har dette vore 0.42 for norsk arktisk torsk. Dette og alle dei andre referansepunkta ICES brukar i si rådgjeving er no under revisjon.

3.

Ein føre-var grense for gytebestanden. Hittil har dette vore 500.000 tonn for norsk arktisk torsk.

4.

Føre-var-grensen for fiskedøyingstalet for norsk arktisk hyse har hittil vore satt til 0.35.

5.

Føre-var-grensen for gytebestanden av norsk arktisk hyse har hittil vore satt til 80.000 tonn.

6.

Den lågaste gytebestand som ein går ut frå vil gi rimeleg god rekruttering.

7.

I mangel av ein fempartsavtale for 2003 er også forvaltningsplanen sett ut av kraft inntil vidare.

8.

Kviting i Nordsjøen, kolmule og lodde ved Jan Mayen.

Til forsiden