0 Innleiing
Fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalene som Noreg inngår med andre land. Det er ein føresetnad at ei slik melding skal fremjast årleg. Meldinga blei første gongen lagt fram i 1995. Fiskeridepartementet la derfor vekt på å gi ei omtale av det rammeverket som blei inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på syttitalet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane Noreg fører med andre land, det vil seie dei ulike rammeavtalene. Desse avtalene er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga. Ein viser i den samanheng til St meld nr 49 (1994-95) Om dei årlege fiskeriavtalene Noreg inngår med andre land.
I denne meldinga blir det gitt ei omtale av kvoteavtalene for 2000 og norsk deltaking i arbeidet i fleirsidige fiskeriorganisasjonar. Det blir gjort greie for dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på dei tildelte kvotane og for nokre tiltak som er iverksett mot fiske i strid med etablerte forvaltningsregimer. Meldinga viser også utnyttinga av kvotar av norske og utanlandske fiskarar i 1998 og 1999, og om kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.