4 Kontrollordningar
4.1 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde
I St prp nr 1 (1996-97) heiter det: «Innen området ressursforvaltning er hovedmålet å legge til rette for et forsvarlig ressursuttak som sikrer et høyt varig utbytte fra ressursene». For å kunne nå denne målsettinga for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.
I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen. Kontrollen blir utøvd av dei ulike fagavdelingane sentralt og direktoratet sin Ytre Etat med 9 regionskontor, herunder eit inspektørkorps som er spreidd langsmed kysten.
Kystvakta, herunder bruksvakttenesta, er underlagd Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei Indre Kystvakt. Det er meininga at Kystvakta også skal gjennomføra fiskerioppsynet innanfor 4. n. mils grensa. Fiskerioppsynstenesta til Den indre kystvakta skal etter planen kombinerast med ei rekkje andre oppgåver, bl. a. for politi-, toll- og miljøstyresmakter.
Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i spesielle område og i spesielle fiskeri. Det er etablert lokale fiskerioppsyn langsmed kysten i regi av Fiskeridirektoratet. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dette vil ein kome nærmare inn på nedanfor. Dei ulike salsorganisasjonane har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i desse landa sine jurisdiksjonsområde.
Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område. Ein kontrollerer også fangstsamansetjinga og at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Når det gjeld fangst av sjøpattedyr (sel og kval) er det inspektører på samtlege fartøy under heile fangstperioden. På sel- og kvalfartøya kontrollerer inspektørane om bord i fartøya også at avlivinga skjer i tråd med regelverket. I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet iverksett ei ordning med å ha inspektørar og observatørar om bord på enkelte norske- og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.
På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn, det vil seie innanfor 4 n. mil. Det er derfor sett i verk ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Kontrollverket er til stades på desse fiskefelta. Ved landing blir fangstsamansettinga kontrollert og oppfiska kvantum blir belasta kvoterekneskapen.
For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld mellom anna opplysningar om fiske- og fangsaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde. I motsetnad til kva som er vanleg for norske fartøy leverer dei utanlandske fartøya den største delen av fangstane sine i utanlandske hamner. Det er derfor ikkje mogleg å foreta landingskontroll av desse fartøya.
Fartøy som vil fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (aktivmelding). Fangstane skal oppgjevast i kg rund vekt og dei skal spesifiserast på det enkelte fiskeslaget. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før utsegling sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og oppgi kor mykje fisk som er teken sidan siste fangstmeldinga blei sendt (passivmelding). Alle dei meldingstypane som er nemnt ovanfor blir samanhangande lagt inn i kvotekontrollsystemet og gir dermed Fiskeridirektoratet ein oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde, både om kor mange fartøy som deltek i fiske, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som krevst for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.
Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet og opplysningane vil under kontroll på feltet bli samanhaldne med opplysningane som går fram av fartøyet si fangstdagbok, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre, vil Kystvakta reagere med advarsel, oppbringing eller melde saka til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet er såleis ein særs viktig reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.
For å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62° N og fordi ein var kjent med at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62° N, blei det innført ei ordning i desse områda, der utanlandske fartøy skal melde seg til Kystvakta for kontroll på eit av sju kontrollpunkt ved avslutning av fiske. Ordninga tok til å gjelde 1. januar 1994. Som ein del av rapporteringsordninga i NØS nord om 62° N skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tjuefire timar før ankomsten til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen 4 timar.
På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62° N, blei ei tilsvarande ordning vedteken 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62° N. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eit av tre nærmare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før ankomsten til kontrollområdet, eller før ankomsten til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild.
Erfaringane syner at ordningane med sjekkpunkt sør og nord om 62° N i NØS har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.
Ved endring av 17. juli 1998 i § 4 bokstav s i lov av 3. juni 1983 om saltvannsfiske m.v, blei Fiskeridepartementet gitt heimel til ved forskrift, å kunne krevja at fiskefartøy har ombord og bruker satellittsporingsutstyr. Innføringa av satellittsporing av fiskefartøy vil kunne effektivisere Kystvakta og Fiskeridirektoratet sin kontrollverksemd monaleg, idet ein til ei kvar tid vil ha eit oppdatert bilete over kor fartøy med sporingsutstyr befinn seg.
Innan utløpet av første halvår 2000 skal samtlege norske fartøy over 24 meter vere underlagt satellittsporing. Arbeidet med å leggje til rette for eit tilsvarande pålegg for utanlandske fartøy som fiskar i norske sone pågår og er iverksett for EUs vedkommande. Forskrift som pålegg fartøy over 24 meter frå medlemslanda i EU å bli spora ved fiske i norsk sone, trådte i kraft i januar 2000. Fartøya spores av flaggstaten som med bakgrunn i Noregs gjensidige avtale med EU formidlar vidare posisjonsopplysningane til Fiskeridirektoratet. I internasjonalt farvatn er kravet at samtlige norske fartøy vil bli sporet uansett lengd.
I same endringslov av 17. juli 1998 til saltfannsfiskeloven blei det i § 45 gitt høve til å kunne påby at fartøy skal ha observatørar ombord i fiskefartøy. Bruk av observatørar ombord i fiskefartøy vil kunne effektivisere kontrollen med utøvelsen av fisket.
4.2 Kontrollsamarbeid
Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar forutset eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med, Russland og EU. Noreg har også inngått avtaler om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU. Førebels gjeld dette Irland, Danmark, Sverige, Færøyane, Nederland, Storbritannia og Frankrike. I tillegg har Noreg inngått kontrollavtaler med Island og Canada.
4.3 Tiltak mot uregulert fiske
I avtala mellom Noreg - Russland er partane samde om å setje visse vilkår til dei kvotane dei gir til tredjeland. Som vist til i avtalene med Færøyane og Grønland, har dei to landa plikta å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som dei blir tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i, eller utanom Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde i Barentshavet. Også Island har plikt til å halde seg til den kvoten som går fram av «Smottholavtala». I avtala med Polen har Polen forplikta seg til ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er sette for bestanden.
Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ei avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet, jfr. Ot prp nr 3 (1995-96). Både for Noreg og Canada som kystnasjonar er spørsmålet om effektiv regulering av fiskebestandar som vandrar mellom nasjonale soner og det opne hav særs viktig. Avtala føregreip på mange måtar FN-avtalen om fiske på det opne hav, av 4. august 1995. Etter avtala kan Noreg og Canada borde, inspisere og ransake eit fartøy som fører flagget til den andre parten, i nærmare avgrensa område på det opne hav. Partane kan også bringe opp fartøy og innleie rettsforfølging dersom det ligg føre prov på at fartøy har teke del i fiskeaktivitetar som undergrev gjeldande verne- og forvaltningstiltak.
Det kan nemnast at norske myndigheiter dei seinare åra har innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt verkemedel har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i områder utanfor norsk jurisdiksjon. Dette gjeld då fartøy som fører utanlandsk flagg, då det i forhold til norske fartøy finnst andre sanksjonsmoglegheiter. Også når det gjeld brot på regelverket som har vore gjort av utanlandske fartøy i norske farvatn, er sanksjonsmoglegheitene klare. Fiskeridirektoratet påser at fartøy som har deltatt i uregulert fiske i internasjonalt farvatn blir nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Vidare skal slike fartøy også nektast å føre norsk flagg.