4 Utrekning av kostnader i offentlege grunnskolar
Grunnlaget for dei utrekningane utvalet har gjort, er kommunerekneskapane frå Statistisk sentralbyrå, opplysningar frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementets informasjonssystem for grunnskolen (GSI), og opplysningar frå Sentralt Tjenestemannsregister for Skoleverket (STS).
Løn til pedagogisk personale | Tal årsverk (GSI) multiplisert med gjennomsnittsløn for skolen (STS) |
Løn til anna personale | Sum løn (kommunerekneskapen) frårekna løn til pedagogisk personale utdelt på skolane etter elevtal |
Driftsutgifter og inntekter | Frå kommunerekneskapen, utdelt på skolane etter elevtal (løn til pedagogisk personale og løn til anna personale) |
Sosiale utgifter | Frå kommunerekneskapen, utdelt på skolane etter løn |
Fellesutgifter (skoleadministrasjon) | 50 % av utgiftene i kommunerekneskapen, utdelt per elev |