3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2004
I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.
Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2004 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ei avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Som fylgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004, har Noreg sagt opp den bilaterale rammeavtala med Polen.
Noreg har i 2003 forhandla frem ei ny trepartsavtale med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala.
Det er også gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland.
Noreg tek vidare del i forhandlingane om makrell både i forhold til trepartsavtala mellom Noreg, EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.
Noreg er medlem og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltnings-organisasjonane NAFO («Northwest Atlantic Fisheries Organization») og NEAFC («North East Atlantic Fisheries Commission»). Frå norsk side deltek ein også i IWC («International Whaling Commission») og NAMMCO («North Atlantic Marine Mammal Commission») i forhold til forvaltninga av kval. Partsmøtene til CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), som Noreg deltek i, er også viktige i forhold til forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR («Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources») er Noreg representert på organisasjonen sine møter. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT («International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas») som observatør. Noreg er dessutan medlem i den regionale forvatningsorganisasjonen SEAFO («South East Atlantic Fisheries Organization»).
3.1 Det førebuande arbeidet
Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.
Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.
3.2 Kvoteavtalane for 2004
Avtalar om gjensidige fangstkvotar
3.2.1 Noreg – Russland
Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.
I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde. Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i den andre parten si sone. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.
Kvoteavtala for 2004 mellom Noreg og Russland vart underskriven i St. Petersburg 14. november 2003.
Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 486.000 tonn, medrekna 20.000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen. Den bekymringsfulle situasjonen for norsk kysttorsk medførte ein drastisk reduksjon av denne kvota. Kvota for 2004 inneber ei halvering av fjorårets kvote til 20.000 tonn.
Noreg og Russland vart vidare samde om å vidareføre ein langsiktig forvaltningsplan for torsk som tok til å gjelde frå 2004. I korte trekk går forvaltningsplanen ut på at ein arbeider for å halde det gjennomsnittlige fiskedøyingstalet på føre-var nivå i gåande 3-års periodar samstundes som kvotesvingingane jamnast ut frå år til år med maksimalt +/- 10 %.
Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 68.800 tonn. Av dette kan 19.400 tonn verte fiska i fiskevernsonen ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 28.700 tonn til NØS og 20.700 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg også i 2004. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 224.600 tonn, medrekna 20.000 tonn norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 20.000 tonn murmansktorsk, er på 212.600 tonn.
For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 130.000 tonn. Det er sett av ei hysekvote til tredjeland på 6.000 tonn, som er delt med 3.600 tonn til NØS og 2.400 tonn til RØS. Russland har overført 4.500 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2004. Etter overføring er den norske kvoten på 66.500 tonn og den russiske på 57.500 tonn. Noreg og Russland vidarefører også ein forvaltningsplan for hyse tilsvarande den som vil gjelde for torsk, men med den skilnad at kvotesvingingane her kan jamnast ut frå år til år med inntil +/- 25 %.
Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland også for 2004 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 2004 kan såleis Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.
I perioden 1993-1999 vart det ikkje fiska lodde i Barentshavet. I 1999 vart det opna opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og frå 2000 – 2002 vart kvoten auka til høvesvis 435.000, 630.000 og 650.000 tonn. For 2003 vart det fastsett ein kvote på 310.000 tonn lodde. Lodda har store naturlege svingingar i størrelsen på bestanden og er nå på eit botnnivå. Det blei på denne bakgrunn ikkje opna for fiske etter lodde i 2004.
Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2004, har Russland denne gong ikkje blitt tildelt ein kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella) på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer er vidareført frå i fjor og utgjer 2.000 tonn.
Vidare har Russland ein kvote på 10.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske og bifangst.
I tillegg kan Russland fiske 50.000 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 4 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.
I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2004. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2004.
Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2004, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit og 1.000 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst, og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er vidareført frå i fjor med 10.000 dyr.
Noreg innfører i forståing med Russland i 2004 ei vestgrense for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26o austleg lengegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa. Noreg vil med dette stå fritt til å vedta dei tiltak ein finner nødvendige og tenelege vest for denne grensa for å avgrense den vidare spreiinga av kongekrabbe, inntil ein veit meir om dei økologiske effektane av denne introduserte arten. Noreg og Russland blei einige om ein norsk kvote på 280.000 krabbar, ein auke på 80.000 frå år 2003. Den russiske kvoten for 2004 er på 500.000 krabbar. Landa er vidare einige om å vidareføre samarbeidet om forsking om kongekrabbens biologiske og økologiske effektar.
Kontroll
Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere «Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa sine kontrollmyndigheiter, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.
Noreg og Russland innførte satellittsporing av fiskefartøy i kvarandre sine soner frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 vart det vidare underteikna eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og Murmanrybvod og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrker kontrollen med fiskeria i begge land.
Eit hovudfokus for Det permanente utval i 2004 vil vere arbeidet med ein styrka kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Ein er einige om i første halvår av 2004 å utforma eit kontrollregime retta mot denne aktiviteten, med følgjande hovudelement: Det skal etablerast kontrollpunkt for omlasting både til havs og ved hamn, kontroll- og informasjonsarbeidet skal styrkast med løpande utveksling av opplysningar om kvotar på reiarlag- og fartøynivå, utveksling av satellittsporingsdata, samt innføring av eit system for nekt av lisens ved grove kvoteoverskridingar.
3.2.2 Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)
Strukturen i avtalane
På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane samt EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsette største tillatne fangstmengd (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.
Eit anna element i kvoteavtala er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.
Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.
I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.
Etablering av forvaltningsstrategiar og betring av beskatningsmønsteret
Både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen, er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Forvaltningsavtala vart fornya i 2001 for tre år. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsstrategiar for sei, torsk, hyse og raudspette som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Det står att å få på plass ein forvaltningsstrategi for kviting.
I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.
I samanhang med arbeidet med betring av beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teke i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Fisken som blir kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedøying og faktisk døying. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Som eit ledd i reformen av EU sin felles fiskeripolitikk som vart vedteken i desember 2002 har Europakommisjonen lagt fram ein handlingsplan som tek sikte på å innføre tiltak som kan redusere utkastet. Mellom anna vurderer Kommisjonen å foreslå eit forbod mot utkast frå 2006 på grunnlag av pilotprosjekt og dialog med medlemslanda og fiskerinæringa.
I samband med den såkalla «torskekrisa» inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er sidan dette ytterlegare forverra, og då særleg for nordsjøtorsken. Totalkvoten for torsk blei difor i 2003 redusert med 45% frå 2002, og Noreg og EU vart i kvoteavtala for 2004 samde om å føre vidare denne kvoten på same nivå som året føre. Samtidig vart partane også samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk. Som ledd i dette har ein i 2004 innleidd eit samarbeid for å revidere forvaltningsplanane for torsk, hyse, sei, raudspette og sild.
Makrell
Fram til 1999 fastsette Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfattar ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, vart for første gong regulert i 1999 (sjå punkt 3.3.4).
Forvaltningsregimet for makrell har vore gjenstand for usemje mellom Noreg og EU ei lang rekke år. Hovudproblemet er deling av kvota mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc arrangement for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster, har ein på norsk side meint at ein har eit rettkome krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EU si side.
Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområder. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg gjort framlegg overfor EU om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastsett ein særskilt makrellkvote i bestanden sitt sørlegaste utbreiingsområde (Biscaya).
Kontroll
Generelt er arbeidet for å skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen ei viktig oppgåve. Dette blir gjennomført til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000. Vidare er det eit hovudmål å sikre harmonisering av kontrollføresegnene. I denne samanhangen blei Noreg og EU under haustens kvoteforhandlingar samde om å innføre like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar, og ein standard vatntrekk frå slike fangster på 2 %, frå 1. februar 2004. Dette skal sikre lik kvoteavrekning for desse fangstane.
2004-avtala
Etter fire forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 24. januar 2004, ei kvoteavtale for 2004.
Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2004 (tonn):
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 27.300 | 4.641 | 22.659 |
Hyse | 77.000 | 15.3911 | 61.609 |
Sei | 190.000 | 98.800 | 91.200 |
Kviting | 16.000 | 1.600 | 14.400 |
Raudspette | 61.000 | 2.1111 | 58.889 |
Makrell | 57.731 | 37.246 | 20.485 |
Sild | 460.000 | 133.400 | 326.600 |
1 Kvote til Noreg etter overføring av respektive: 2.319 tonn hyse, og 2.159 tonn raudspette til EU.
Kvoteavtala for 2004 reflekterer den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Partane har difor vedteke å føre vidare kvotane for torsk og kviting på same nivå som i 2003 då desse vart kraftig redusert. Hyse er i ein betre tilstand og totalkvoten her er difor auka frå 51.735 tonn i 2003 til 77.000 tonn i 2004. Situasjonen for sei- og sildebestandane er framleis god, og kvotane er difor auka ytterlegare frå 2003 til 2004. Det er vidare sett ein bifangstkvote på 43.200 tonn Nordsjøsild i EU sitt fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2004. Kvoten for raudspette er ytterlegare redusert frå 2003 til 2004. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.
Totalkvoten for makrell er i 2004 sett til 446.961 tonn mot 484.615 tonn i 2003. Av totalkvoten for 2004 kan 57.731 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 102.664 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62ŦN og i internasjonalt farvatn, og 286.566 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 139.910 tonn.
Tabell 3.2 Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2004 (tonn):
Fiskeslag | Kvotar til Noreg i EU-sona | Kvotar til EU i norsk sone |
---|---|---|
Augepål | 5.000 | 50.000 |
Kolmule | 120.000 | 20.000 |
Tobis | 45.000 | 131.000 |
Blålange | 300 | |
Lange | 9.500 | |
Brosme | 5.000 | |
Kombinert kvote | 600 | |
Pigghå | 200 | |
Håbrann | 100 | |
Reker | 100 | 900 |
Hestmakrell | 1.600 | |
Andre artar | 5.000 | 11.000 |
Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.
Avtala for 2004 inneber ein auke av kvoten på tobis med 10.000 tonn frå 2003. Dei andre norske kvotane på fellesbestandane er på same nivå som i 2003. EU sine kvotar i norsk sone på fellesbestandane er ikkje endra frå 2002.
Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62ŦN i 2004 (tonn):
Fiskeslag | Kvote |
---|---|
Norsk arktisk torsk | 20.120 |
Norsk arktisk hyse | 2.000 |
Sei | 3.600 |
Uer | 500 |
Blåkveite (bifangst) | 100 |
Anna (bifangst) | 450 |
EU sin kvote på torsk nord for 62ŦN for 2004 er auka frå 2003, medan hysekvoten er redusert med 200 tonn frå i fjor. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen, har EU sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. I tråd med brevveksling av 2. mai 1992 pliktar Noreg å gje EU denne tilleggskvoten av uer på permanent basis. Dette kvantumet er i 2004 på 500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70ŦN.
Tabell 3.4 Noreg er i 2004 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):
Fiskeslag | Kvote |
---|---|
Brisling (EU-sona) | 15.000 |
Blåkveite (EU-sona) | 950 |
Reker (Grønlands sone) | 2.830 |
Blåkveite (Grønlands sone) | 1.600 |
Uer (Grønlands sone) | 5.230 |
Kveite (Grønlands sone) | 400 |
Skolest og isgalt (Grønlands sone) | 600 |
Lodde (Grønlands sone) | 15.000 |
Dei norske kvotane på reker, uer og lodde i Grønlands sone er auka med høvesvis 330 tonn, 1.655 tonn og 8.300 tonn, medan dei resterande kvotane er uendra frå 2003 til 2004.
3.2.3 Noreg – Færøyane
Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.
Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 2004 vart inngått i Oslo 29. januar 2004. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noreg si økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.
I NØS nord om 62Ŧ N har Færøyane i 2004 høve til å fiske 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 400 tonn hyse, 450 tonn sei og 50 tonn andre artar (uer og blåkveite). Samanlikna med 2003, har torskekvoten, kvoten på sei, hysekvoten og kvoten på andre artar hatt ei auke. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fiske etter torsk og hyse.
Færøyane har fått ein kvote på 1.375 tonn makrell nord om 62ŦN. Kvoten er 100 tonn lågare enn kvoten i 2003. Avtala opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57Ŧ 30» N.
Færøyane kan fiske inntil 500 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Denne kvoten er på same nivå som i 2003. Det blei ikkje gitt loddekvote for 2004.
I avtala for 2004 har Færøyane høve til å fiske inntil 9.700 tonn makrell i NØS nord om 57Ŧ30"N av den nasjonale færøyske kvoten avtala i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg.
I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noreg si økonomiske sone. I 2004 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 3.000 tonn norsk arktisk torsk, 100 tonn hyse og 300 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noreg si økonomiske sone nord om 62ŦN. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS, skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.
I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.
Av den samla kvoten av andre artar nord om 62ŦN på 50 tonn tildelt av Noreg og 300 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.
I Noreg si økonomiske sone sør om 62ŦN er Færøyane tildelt 8.000 tonn augepål, 3.000 tonn tobis, 8.000 tonn kolmule, 500 tonn brisling og 280 tonn andre arter. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei og sild. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.100 tonn sei og 700 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 1.000 tonn hestmakrell. Kvotane av håbrann/pigghå og hestmakrell kan også bli fiska nord om 62ŦN. Seikvoten vart redusert med 300 tonn i forhold til avtala for 2003. Dei andre kvotane er tilsvarande som i 2003.
I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 100 tonn kolmule, og 50 tonn reker som prøvefiske utanfor 4 n. mil. Begge kvotane er tilsvarande som i 2003. Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 1.007 tonn norsk arktisk torsk og inntil 242 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.
I Færøyane si økonomiske sone er Noreg i 2004 tildelt ein kvote på 2.200 tonn lange/blålange, 1.800 tonn brosme, 400 tonn sei og 1.070 tonn andre artar. Botnfiskkvoten vart splitta opp i 2003 som fjølge av at Noreg splitta opp det færøyske industrifisket. Kvoten av andre artar skal berre fiskast som bifangst. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare bestemt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 30 dagar i løpet av 2004.
I Færøyane si økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 36.200 tonn kolmule. Noreg er også tildelt 5.612 tonn makrell, ei reduksjon på 488 tonn. Noreg kan i tillegg fiske 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske og drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb. Hestmakrellkvoten er for 2004 fastsett til 230 tonn.
Med referanse til møtet 4. november 2003 mellom EU, Færøyene og Norge om ein trepartsavtale om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane, var partane samde om at alt fiske etter nordaust-atlantisk makrell bør vere gjenstand for felles forvaltning og såleis inngå i totalkvoten for partane sine jurisdiksjonsområde (den såkalla «referanse-TAC»).
3.2.4 Noreg – Grønland
Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reke, blåkveite, uer og lodde frå EU i grønlandske farvatn.
Etter protokollen av 16. desember 2003 kan grønlandske fiskarar i 2004 ta følgjande kvanta i norske jurisdiksjonsområde:
I NØS nord om 62ŦN: 1.900 tonn norsk arktisk torsk, 330 tonn norsk arktisk hyse, 925 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard. Nytt i protokollen for 2003 var at dette elementet gjeld så lenge trepartsavtala om lodde står ved lag. Nord om 62ŦN har kvoten på torsk auka med 200 tonn, kvoten på hyse er på same nivå som i 2003 og kvoten på sei har blitt redusert med 25 tonn. Som ein del av avtala kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noreg si økonomiske sone nord om 62ŦN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også her var det nytt i 2003 at dette elementet gjeld så lenge trepartsavtala om lodde står ved lag.
I avtala pliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområde.
I NØS sør om 62ŦN: 1.000 tonn sei. Kvoten er på same nivå som i 2003. Det vert nytta eit bifangstregime lik det arrangement EU og Norge har blitt samde om, men avgrensa til 100 tonn.
Noreg har følgjande kvanta i Grønland si sone i 2004:
Ved Vest-Grønland: 650 tonn blåkveite. Kvoten har auka med 50 tonn. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2004, kan trålfiske finne stad sør for 64Ŧ30"N eller nord om 68ŦN med inntil 6 trålarar i sona samstundes. Nytt i 2004 er at Noreg må meddela innan 15. januar kor stor del av kvoten ein ønskjer å fiske nord for 68N, maksimum er 200 tonn.
Ved Aust-Grønland: 525 tonn blåkveite, 725 tonn uer fiska med pelagisk trål, 100 tonn uer fiska med bunntrål og 350 tonn kveite. Kvoten av uer fiska med pelagisk trål har auka med 425 tonn, kvotane av blåkveite og uer fiska med bunntrål er dei same som i 2003 og kvoten av kveite har blitt redusert med 43 tonn.
Ved Vest- og Aust-Grønland: 600 tonn torsk. Kvoten er den same som i 2003.
I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.
Det var semje om at partane i 2004 skal inngå ein avtale om kontrollsamarbeid.
3.2.5 Noreg – Island
Gjennom den trilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet («Smottholsavtala»), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet («Smottholsavtala» er gitt ei omtale i St meld nr 49 (1998 – 1999)). Den bilaterale avtala mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.
Etter den bilaterale avtala kan Island i sesongen 2004/2005 fiske 4.505 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62ŦN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Island si økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2004/2005 sesongen er loddekvoten sett til 17.212 tonn.
3.2.6 Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)
Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat vert inngått på grunnlag av trepartsavtala av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.
Avtala fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.
Noreg og EU vart 24. januar 2004 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2004.
Tabell 3.5 Følgjande kvotar gjeld for 2004 (tonn):
Fiskeslag | TAC | Kvotar til Noreg | Kvotar til EU |
---|---|---|---|
Torsk | 3.900 | 127 | 3.773 |
Hyse | 4.755 | 200 | 4.555 |
Kviting | 1.500 | 27 | 1.473 |
Raudspette | 9.500 | 190 | 9.310 |
Reker | 10.710 | 4.991 | 5.719 |
Sild | 70.000 | 9.336 | 60.664 |
Brisling | 50.000 | 3.750 | 46.250 |
Totalkvoten for hyse er auka med 1.605 tonn, medan totalkvotane for torsk og kviting er uendra i forhold til kvotane i 2003. Kvotane for raudspette og sild er redusert med høvesvis 3.780 og 10.000 tonn, rekekvoten har hatt ein liten auke, medan totalkvoten for brisling er uendra samanlikna med 2003.
Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen, også i Skagerrak. Etter same avtala kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2004.
Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak er dei siste åra vesentleg redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 21.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2004. Frå og med 2004 vil norske fiskarar kunne fiske inntil 50 % av den norske Skagerrak-kvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.
Avtalar om einsidige fangstkvotar
3.2.7 Noreg – EU (Sverige)
Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.
Kvoteavtala om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 2004 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 24. januar 2004.
Svenske fiskarar fekk følgjande kvoter i norske farvatn i 2004:
I NØS sør for 62ŦN: 516 tonn torsk, 956 tonn hyse, 1.190 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 151 tonn reker, 1.076 tonn sild, 214 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotene for torsk, hyse, sei, reker og sild er auka frå 2003, medan kvoten for makrell er redusert. Dei øvrige kvotane er ført vidare frå 2003.
3.2.8 Noreg – Polen
Det polske fisket i norske fiskerijurisdiksjonsområde har blitt gjennomført i samsvar med rammeavtala av 28. mars 1977 med etterfølgjande endringar av 24. mai same år. Bakgrunnen for inngåinga av rammeavtala var at Polen, som ei overgangsordning etter Noreg sin innføring av 200 mils økonomisk sone, skulle få fangstrettar i NØS fram til 31. desember 1980. Etter denne dato skulle det polske fisket avgrensast til overskotsbestandar, dvs. til bestandar som norske fiskarar ikkje nyttar fullt ut.
I realiteten finnast det ikkje overskotsbestandar i norske fiskerijurisdiksjonsområde. Like fullt har Noreg fram til no valt å føre vidare ordninga med einsidige kvotetildelingar til Polen kvart einaste år sidan 1980. Dei seinaste åra har dette omfatta ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen (sei, torsk, hyse og kviting).
Det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har skapt ein ny situasjon. Fra norsk side har ein ikkje funne det rett at Polen skulle kunne ta sin konsumfiskkvote i Nordsjøen med seg inn i EU, og Noreg ga difor Polen eit tilbod om å føre vidare i 2004 kvoteavtala frå 2003 mot at rammeavtala vart sagt opp av begge partar innan 30. april 2004. Dette vart ikkje følgt opp av Polen, og rammeavtala vil difor bli ført vidare utan materielt innhald fram til 1. januar 2007, då den kan seiast opp einsidig av Noreg.
I tillegg til kvotetildelinga i Nordsjøen, har Polen også fram til no hatt ein eigen kvote av norsk arktisk torsk i fiskevernsona ved Svalbard. Ettersom sistnemnde kvote går utanom rammeavtala og blir fastset etter dei same prinsippa som gjeld for utrekning av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona, vil denne kvoten bli overført til EU frå 2005. I 2004 kan Polen fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1.507 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 486.000 tonn.
3.3 Fleirsidig fiskerisamarbeid
3.3.1 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren
Det er ikkje kome i stand ei fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2004.
Partane har vore samla fleire gonger for å nå fram til ei semje. Noreg har i forhandlingane om ei avtale for 2004 lagt fram eit krav om ei auke i den norske delen av totalkvoten. Noreg grunngir kravet sitt ut i frå prinsippet om sonetilhøyre, samt at Noreg fekk urimelig låg del av TAC då den fyrste fempartsavtala blei inngått i 1997.
Noreg har i mangel av ei fempartsavtale underskrive ei førebels bilateral avtale med Russland for 2004. Avtala med Russland inneber at dei kan fiske 80.000 tonn sild i NØS nord om 62ŦN og i fiskerisona rundt Jan Mayen.
3.3.2 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
Ei trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtala om reguleringane i loddefisket er reforhandla tre gonger, 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.
Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtala med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunn vart det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane leidde frem til ei ny avtale basert på huvedelementane i den tidligare avtala. Hovudendringa i den nye avtala er at den gjeld for eitt år i gongen, framfor tre år i den gamle avtala. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut ettersom punktet var forelda. Ingen av partane valde å seie opp avtala innan fristen. Avtala vil dermed gjelde også for 2004.
3.3.3 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule
Sidan 1999 har dei landa som er definert som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – saman med Russland som spesielt invitert part, arbeida med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden.
Desse partane er samde om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar, eit kyststatsregime og ei separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Partane er såleis samde om at for å få til ei NEAFC-regulering av kolmulefisket i internasjonalt farvatn, må ein først etablere eit kyststatsregime. Sidan Russland er ein viktig aktør i kolmulefisket i internasjonalt farvatn er Russland spesielt invitert til å delta i desse forhandlingane, sjølv om Russland ikkje er tildelt status som kyststat.
Kyststatane hadde sitt første møte i Brussel 9.-10. februar 2000, og ein har førebels hatt tolv slike forhandlingar, utan å kome til ei endeleg løysing.
3.3.4 Regulering av makrell
På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget blei vedteke mot stemmene til Russland og Island.
Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne begynne forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttført 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ei avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren i 2000. Partane har inngått tilsvarande avtalar for 2001, 2002 og 2004. For 2003 inngjekk partane ei ad hoc avtale som gjekk ut på at partane skulle forvalte sitt fiskeri på grunnlag av proporsjonalitet mellom fangstbegrensninga på 586.500 tonn i 2002 og 500.000 tonn i 2003.
Fordelinga mellom Noreg og EU er gjenstand for bilaterale forhandlingar. Dette er følgt opp i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU for 2004 (sjå punkt 3.2.2).
På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 52.192 tonn. Av denne kvoten vart det sett av 24.530 tonn til Russland, 24.530 tonn til kyststatane og 3.132 tonn til tredjeland. Kvoten til kyststatane er fordelt med 15.196 tonn til Noreg og EU og 9.334 tonn til Færøyane. Både Russland og Island har reservert seg mot NEAFC-reguleringa.
3.4 Regionale forvaltningsorganisasjonar
3.4.1 NAFO
Den nordvest-atlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastset kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA. Konvensjonen som NAFO er grunnlagd på omfattar i prinsippet alle bestandar i området, utanom laks, tunfisk, sverdfisk og kval. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området fasett NAFO reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada.
3.4.2 NEAFC
Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen, NEAFC, sitt myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, er mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.
3.4.3 IWC, NAMMCO OG CITES
IWC
Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei bærekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøter og andre møter om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. For 2004 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 670 dyr. Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurderinga av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Den norske kvoten er basert på desse prosedyrane.
Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/
NAMMCO
Den nord-atlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskapelege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar óg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. NAMMCOs Vitskapskomité driv forskning på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren, blant anna vert det arbeidd med å utvikle fleirbestandsmodellar som er viktig for å oppnå ei økosystembasert forvaltning. Noreg arbeider for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.
Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/
CITES
Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som enten er trua av utrydding eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1983 vart vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding. Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel, ved å fremje forslag om å endre listinga av vågekval. Dette vart for tredje gong søkt oppnådd på CITES sin partskonferanse i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal. Etter ei samla vurdering vart det frå norsk side i januar 2001 likevel gjort vedtak om å åpne for eksport av norske produkt av vågekval under bestemte vilkår. Noreg starta å eksportere vågekval til Island i 2002 og til Færøyane i 2003. På partsmøtet i CITES i 2002 vart det frå norsk side ikkje fremja nytt forslag om nedlisting. Nedlistingsforslag vil heller ikkje verte fremja for partsmøtet hausten 2004.
Over dei siste 10 åra har det vore ei aukande interesse i CITES for å liste fisk og andre marine artar. FAO har, gjennom fiskerikomiteen, engasjert seg i dette spørsmålet. Frå norsk side har ein hatt innvendingar til at CITES skal ha ei aktiv rolle i fiskeriforvaltinga. Noreg har på prinsipielt grunnlag gått imot listeføring av kommersielle marine artar inntil ein har fått klarlagt kva for konsekvensar slik listeføring kan få for fiskeriforvaltinga, sikra at dei kriteria som CITES legg til grunn for listing er høvelege for marine artar, og ei samarbeidsavtale mellom CITES og FAO er på plass, slik at naudsynt kompetanse er involvert.
Meir informasjon finst på CITES sine heimesider: http://www.cites.org/
3.4.4 CCAMLR
Kommisjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis, CCAMLR, vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i kommisjonen sitt område, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane delte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket.
Noreg fastsette den 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busett i Noreg og som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter.
Noreg tok del på CCAMLR sitt årsmøte i 2003. Det har lenge vore fokusert på det ulovlege (innafor dei økonomiske sonene) og uregulerte (på det opne hav innafor konvensjonsområdet) fisket etter Patagonisk tannfisk, såkalla «IUU-fiske». Dette problemet synest ikkje å minke. Fisket blir gjennomført både av fartøy som fører flagg til CCAMLR-medlema og fartøy under framandflagg. Det har i det siste vore rapportert om «nye» initiativ som vert tekne for direkte å fiske ulovleg og uregulert i området. Blant anna er det avdekka at ei rekke fartøy er bygga eller kontrahert med dette for auge. CCAMLR har i løpet av dei siste åra skipa ei rekke tiltak for å motvirke denne aktiviteten, men problemet med det uregulerte fisket er enno ikkje løyst.
På årsmøtet i 1999 tok Noreg initiativet til ein resolusjon om «svartelisting» av fiskefartøy. Resolusjonen, som blei vedteke av CCAMLR, oppfordrar medlemmar av organisasjonen til ikkje å flagge eller lisensiere fartøy frå ikkje-medlemmar av CCAMLR som har delteke i IUU-fiske. På årsmøtet i 2002 vart det semje om å utbyggje systemet med «svartelisting» til å inkludere medlemmar av CCAMLR, samtidig som resolusjonen blei gjort om til bindande reguleringar.
Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at Patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er teke i samsvar med CCAMLR sitt regelverk eller teke utanfor CCAMLR-området. Det vert gjennomført ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Det er skipa eit eige fond i CCAMLR der medlemslanda kan overføre verdien av fangstar som vert konfiskert i samband med handheving av systemet.
Meir informasjon finst på CCAMLR sine heimesider: http://www.ccamlr.org/
3.4.5 ICCAT
ICCAT (Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) blei etablert i 1969. Fiskeriorganisasjonens primære funksjon er bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Middelhavet og Atlanterhavet. ICCATs kompetanseområde omfattar ca 30 artar, og av desse er makrellstørje av særlig interesse for Noreg.
Noreg har sida 1998 hatt status som observatør i ICCAT, og blei offisielt medlem i organisasjonen etter at Stortinget ratifiserte konvensjonen 17. desember 2003. Bakgrunnen for den norske interessa er at det igjen kan bli aktuelt med fiske etter makrellstørje i norske farvatn. Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet, men fisket tok slutt i 1986. Det er no teikn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster i norske farvatn.
ICCAT vart lenge dominert av fjernfiske-statanes interesser, og opererte inntil nylig med kvotetildelingskriteria som var basert på historisk fiske, og som ikkje tok omsyn til kyststatanes rettar (e.g. sonetilhørighetsprinsippet). På årsmøtet 2001 blei nye kvotetildelingskriteria vedtatt. Dei nye kriteria for tildeling av kvoter vernar no kyststaten sine interesser slik Noreg har definert dei.
Noreg deltok som observatør på årsmøtet i 2003 og signaliserte då at vi som offisielt medlem frå og med 2004 vil ha krav på å bli tildelt ein kvote på grunnlag av havretten og dei nye kvotetildelingskriteria.
Totalkvoten for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet i 2004 er sett til 32 000 tonn.
Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.es/
3.4.6 SEAFO
Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.
Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne havet, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området.
Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St.Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea og USA. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.
Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO- konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhenger av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og Noreg deltek aktivt i ein rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gje innsyn i og høve til å påverke i forhold til statspraksis på området. Vidare vil Noregs bi- og multilaterale bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast gjennom deltaking i SEAFO.
Det fyrste årsmøtet i SEAFO vart halde i Namibia 9.-13. mars 2004. Noreg deltok ikkje på dette møtet, av budsjettmessige årsakar.
Meir informasjon finst på SEAFO sine heimesider: http://www.mfmr.gov.na/seafo/seafo.htm