4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar
Her vert det fyrst gjeve ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell), forvaltningsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist vert dei langsiktige forvaltningsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land omtala.
4.1 Bestandsutrekning og rådgjeving
4.1.1 Bestandsutrekning
Bestandsutrekning («assessment») inneber å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangst-statistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje ifrå dei individa som har døydd p.g.a. fiske og naturleg død (etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene som blir brukt i slike modellar er:
fangststatistikk med stikkprøvar av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane)
toktdata (fortel om endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe, i forhold til året føre)
Fangststatistikk
Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert teke ut av ein bestand. I nokon tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats det ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev forskarane opplysningar om når, kva, kor og kor mykje det fiskast, og bringer dermed fram viktig informasjon som matast inn i forskarane sine modellar. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg. Fiskarane kan oppnå ein kortsiktig gevinst ved å gje opp unøyaktige fangstdata. På den andre sida vil dette kunne slå tilbake på fiskarane etter ei tid, i form av unødig stor reduksjon i fiskebestandane, som det så tek lang tid å byggje opp att.
Toktdata
Havforskningsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengden av fisk i havet:
ekkolodd/akustikk
trål
måling av eggproduksjon
merking
Akustisk mengdemåling
Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda av ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av fisken sin art og storleik og av tettleiken og volumet av stimen. Desse samanhengane er etter kvart blitt rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene, og observere kva slags artar og storleiker som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøvar (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleikar ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane blir utførte i BEI («Bergen Echo Integrator»), eit system som er utvikla av Havforskningsinstituttet, og som er i omfattande bruk rundt om i verda.
Bunntrål
Talet på fisk i kvar bunntrålfangst blir rekna om til fisketettleik (talet per flateeining) ved å dividere på det arealet bunntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining.
Måling av eggproduksjonen
Metoden her kan kortfatta skisserast slik: Når ein vet kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga av metodikken, er i hovudsak lik bunntrålmetodikken. Med planktonhåv vert det teke eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg blir rekna om til eggtettleikar (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for egga sin alder får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekning blir summert over heile gytesesongen, får ein det totale talet på gytte egg.
Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen av gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.
Merkeforsøk
I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:
Talet på fisk i bestand/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst
Dersom ein held greie på talet på merker som vert sett ut, talet på merker som vert funne att, og talet på fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.
4.1.2 Metodar for utrekning av bestandar
Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, tokt osv., til ein einskapleg fastsetjing av bestanden sin storleik og utnyttingsgrad. Utfallet er grunnlag for utrekning av tilrådde kvoter, og er elles viktig for meir grunnleggjande forskning omkring forhold som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.
For dei fleste bestandar av interesse for Noreg blir desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innafor ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Utrekningsverktøyet er matematiske modeller. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av bestanden sine eigenskaper og kva slags data som er tilgjengeleg. I Noreg brukast hovudsakleg modellar kor føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som talet på fisk fordelt på alder. Det gjer at målingane kan knyttast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.
VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)
Dette er ein metode til å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid, og kor høg fiskedøyinga har vore, ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.
Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg døying). Når ein skal sette opp eit slikt rekneskap, startar ein i praksis med det talet på fisk ein trur framleis er til stades, legg til talet som blei fanga siste år og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg døying. Då får ein talet som må ha vore i årsklassen året føre. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døyinga rekner ein som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøyinga får ein ved å halde saman fangst og bestand år for år.
VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite igjen av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken, og blir villeiande om fangsttala ikkje er riktige.
4.1.3 Forvaltningsplan og rådgjeving
Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytta ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Ein snakker her om ulike forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på gjenoppbygging av ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.
Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er difor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal vere basert på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dagens, kor det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.
I ein forvaltningsplan vil berekraft vere ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium som det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore brukt i forvaltningsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det gitt ei oversikt over dei mest vanlege referansepunkta og kva dei betyr, men fyrst er det naudsynt å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.
Døyingstal
Totalt døyingstal (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg døyingstal (M) og fiskedøyingstal (F). Fiskedøyingstalet skal omfatte den del av døyingstalet som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og døyingstal som skuldast kontakt med fiskereiskap, slik at fiskedøyingstalet i bestandsutrekningar som regel berre omfattar det som blir registrert som ilandført. Naturleg døyingstal omfattar då all annen døying, og er «momentan». Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, f.eks. 0,5, oppfattast dette lett som prosentar, dvs. at 0,5 skulle bety 50 % døying. I praksis er forholdet annleis, slik at døyingstalet ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % døying.
Samanhengen er vist i tabell 4.1
Tabell 4.1
Døyingstal | 0,1 | 0,2 | 0,3 | 0,4 | 0,5 | 0,6 | 0,7 | 0,8 | 0,9 | 1,0 | 1,5 | 2,0 |
% | 9,5 | 18,1 | 25,9 | 33,0 | 39,3 | 45,1 | 50,3 | 55,1 | 59,3 | 63,2 | 77,7 | 86,5 |
I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedøyingstalet som blir presentert, og naturleg døying vil kome i tillegg til denne. Ein fordel ved å bruke «momentant» døyingstal er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ein dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ein dobling av fiskedøyingstalet.
Eit utnyttingsmønster syner korleis utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare på ung fisk enn på eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedøyingstal), og refererer berre til dei relative forhold mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbyttet.
Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvoter
Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærming) i forvaltning av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandar. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedøyingstal) og storleik på gytebestanden.
Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnte internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspekt som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedøyingstalet rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedøying som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå dei historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen i gytebestand/rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestand (Blim ) der det er stor sjanse for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedøyingstalet (Flim ) som, dersom det vert overskriden over lengre tid, med stort sannsyn vil bringe bestanden ned på det nivået der rekrutteringa er venta å bli dårleg.
Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderinga, vil ei føre-var-forvaltning krevje at det vert lagt inn ein sikkerhetsmargin i forhold til desse «absolutte» grenser. Ei føre-var-grense for gytebestand (Bpa ) 1 må difor vere noko høgare enn Blim , og ei føre-var-grense for fiskedøyingstal (Fpa ) må vere noko lågare enn Flim . Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som det høgaste fiskedøyingstalet som vil vere i samsvar med føre-var-forvaltning, men er også knytta til om den er berekraftig. Bpa er fyrst og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for igjen å få bestanden opp på eit tryggare nivå.
ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim ) frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa ) er desse mellom anna avhengig av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES gir difor kun forslag om desse, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.
Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at bestanden med stort sannsyn skal halde seg over det nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestander, spesielt av botnfisk, er den føreslegne føre-var-grensa for fiskedøyingstalet høgare enn det fiskedøyingstalet som maksimerer langtidsutbyttet, og forvaltninga kan fritt stila mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedøyingstalet som er lågare enn føre-var-grensen.
Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgjeving. Frå og med hausten 1996 vart det i større grad enn tidlegare argumentert mot høge fiskedøyingstal også for ein del bestandar som var godt innafor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 blei det for dei fleste bestandar gitt ei åtvaring om kva slags fangstopsjonar som ikkje blei rekna for å vere føre-var, og frå 1998 blei føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at trygge biologiske grenser vart definert ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedøyingstalet, mens dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storleik på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifisert som innafor trygge biologiske grenser no havna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd vesentleg endring i bestandssituasjonen. Etter at dette vart presentert har det blitt reist innvendingar mot ei slik inndeling. Det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarlig så lenge gytebestanden er på eit forsvarlig nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngjeving for dette: Høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant.
4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforskning (ICES)
Rådgjevinga frå ICES blir utarbeidd av Den rådgjevande komitéen for fiskeriforvaltning (ACFM). ACFM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 19 medlemslanda i ICES i tillegg til formannen. ACFM møtest to gonger i løpet av året, i juni og oktober. Avhengig av til kva tid dei årlege bestandsutrekningane vert gjennomført for dei ulike fiskebestandane, blir desse utrekningane kvalitetssika og råd til forvaltninga gitt enten om våren eller hausten. Dei siste åra har difor dei viktigaste botnfiskbestandane nord for 62o N samt sild og kolmule blitt behandla av ACFM under vårmøtet, mens råda når det gjeld botnfiskbestandane i Nordsjøen, lodde og makrell har kome om hausten. Råda frå ICES inneheld ei skildring av bestanden sin tilstand, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving samt tabellar og figurar som illustrerer bestandshistoria. Råda er offentlege, og kan lesast for kvar bestand på ICES si internettside www.ices.dk. Havforskningsinstituttet omsetjer rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterar og utdjupar der det er naudsynt, og legg alt ut på Havforskningsinstituttet si internettside www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES og Havforskningsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.
4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn
4.2.1 Norsk-arktisk torsk
Bestanden har si utbreiing i heile Barentshavet opp til polarfronten. I fyrste halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.
Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660.000 tonn. Dei siste 5 åra har fangsten vore mellom 400.000 og 500.000 tonn. (Figur 4.2). Norsk fangst har dei siste åra vore omlag 45 % av total internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på norsk-arktisk torsk skjer med botntrål, mens i det norske fisket vert 65-70 % av fangsten teken med andre reiskap.
Avtalt kvote har dei tre siste åra vore 395.000 tonn (i tillegg til 40.000 tonn norsk kysttorsk). Sidan 1998 har avtalt kvote vore høgare enn det ICES har tilrådd. (Tabell 4.2).
Figur 4.2 syner utviklinga av bestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999, men har sidan vakse noko. Trass i svært høgt fiskedøyingstal på 5-10 år gamal fisk har betra overleving fram til 5 år gjeve vekst i bestanden. Dei viktigaste årsaker til desse betringar er truleg redusert kannibalisme og betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria.
Tilrådde reguleringar og avtala for 2004
Ved siste bestandsvurdering har ICES klassifisert bestanden til å vere hausta ut over sikre biologiske grenser, men utrekna gytebestand er over føre-var-grensa på 460.000 tonn. ICES tilrådde at fisket i 2004 ikkje bør overskride 398.000 tonn (F=0,40).
Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon vart i 2002 einige om ein ny forvaltningsregel for torsk. Kvoten for 2004 blei i samsvar med denne regelen sett til 486.000 tonn. Ut frå dei tilgjengelege prognosar svarar denne kvoten til ein F større enn Fpa i 2004. ICES har kommentert at denne regelen i fleire tilfelle vil gje ein kvote som allereie i prognosen tilseier at fiskedøyingstalet blir større enn Fpa , men har ikkje kategorisk avvist at regelen, eventuelt med modifikasjonar, kan gje ei føre-var forvaltning. Om omfattande simuleringar (modell) syner at regelen i det lange løp gir tilstrekkeleg høg tryggleik (ca 95%) for å halde den reelle gytebestanden over Blim , kan regelen reknast for å tilfredsstille føre-var-kriteria. Det vert arbeidd med slike simuleringar for å ha eit betre grunnlag for rådgjevinga for 2005.
Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk torsk sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen gevinst ved å auke F | 681 | 700 | 740 | 501 |
1996 | Ingen gevinst ved å auke F | 746 | 700 | 732 | 579 |
1997 | Godt under Fmed | < 993 | 850 | 762 | 565 |
1998 | F < Fmed | 514 | 654 | 593 | 388 |
1999 | Minka F til under Fpa | 360 | 480 | 485 | 252 |
2000 | Auka SSB til over Bpa i 2001 | 110 | 390 | 414 | 222 |
2001 | Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003 | 263 | 395 | 426 | 321 |
2002 | Minka F til under 0.25 | 181 | 395 | 445 | 505 |
2003 | Minka F til under Fpa | 305 | 395 | 653 | |
2004 | Minka F til under Fpa | 398 | 486 | 652 |
4.2.2 Norsk-arktisk hyse
Norsk-arktisk hyse gyt på djupt vatn nordover langs kysten. Det viktigaste gyteområdet er vestkanten av Tromsøflaket. Andre viktige gytefelt er eggakanten utanfor Møre og Romsdal og utanfor Røstbanken og Vesterålsbankane. Oppvekstområda finst langs kysten og i Barentshavet. Ulike årsklassar har ulik utbreiing og dette må det takast spesielt omsyn til i bestandsutrekningane.
Bestandsrådgjevinga frå mai 2003 syner at bestanden har vore hausta for hardt sidan 1992. Grunnen til dette er todelt: Som for torsk har bestandsprognosane gjennomgåande vore for optimistiske. I tillegg har norske og russiske styresmakter avtala uttak som er over dei tilrådde maksimalgrensene.
I utrekningane av hysebestanden sin storleik har ein brukt same reknemodell som for norsk-arktisk torsk. I utrekningane inngår, forutan fangststatistikken, tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt. Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar, og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. I 2002 vart det utført ei ekstra hysedekning i forlenginga av det norske toktet. Denne undersøkinga avdekka rikelege mengder av hyse utanfor det tradisjonelle toktområdet. Andre undersøkingar støttar opp om dette, men avdekker også eit svært interessant fenomen. Det viser seg at denne graden av underdekning varierer frå årsklasse til årsklasse. Konkret gir dette seg utslag i at enkelte årsklassar har ein langt meir vestleg og sørleg (kystnær) fordeling enn andre årsklassar. Denne endringa i fordeling kan også knyttast til årsklassa sin storleik.
Den sterkaste endring i fordeling har vore observert for 1996-årsklassen, og dette blei det tatt spesielt omsyn til ved dei siste bestandsanalysane. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengde hyse som vert eten av torsk. Dette reknar ein ut frå mageprøvar av torsk. Tendensen til å overvurdere bestanden sin storleik har vore større enn for torsk. Ein mulig årsak til dette kan vere ein varierande grad av utkast og ikkje-bokførte landingar. Ein indikasjon på ein auke i graden av utkast blei observert på seitoktet hausten 2002. Fleire stader langs kysten blei det oppdaga krokskadd hyse som ein reknar med er utkast frå fløytlinefisket.
Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk hyse sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen langtidsgevinst for F > Fmed | 122 | 130 | 138 | 97 |
1996 | Ingen langtidsgevinst for F > Fmed | 169 | 170 | 173 | 141 |
1997 | Hald F godt under Fmed | <242 | 210 | 149 | 134 |
1998 | Hald F under Fmed | 120 | 130 | 94 | 108 |
1999 | Minka F til under Fpa | <74 | 78 | 82 | 93 |
2000 | Minka F til under Fpa | <37 | 62 | 61 | 52 |
2001 | Minka F til under Fpa | <66 | 85 | 82 | 91 |
2002 | Minka F til under Fpa | <64 | 85 | 84 | 86 |
2003 | Minka F til under Fpa | < 101 | 101 | 120 | |
2004 | Minka F til under Fpa | <120 | 130 | 133 |
4.2.3 Norsk arktisk sei
Fisket
Utbytet av seifisket nord for 62°N var om lag 135.000 tonn i 2000, 136.000 tonn i 2001 og 155.000 tonn i 2002. (Figur 4.4). Kvoten for 2003 blei fastsett til 164.000 tonn. Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og sluttresultatet i 2003 ligg an til å bli vel 145.000 tonn. Det gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960-2002 er på 132.000 tonn.
Bestandsgrunnlaget
I april 2003 gjennomførte ICES-arbeidsgruppa nye bestandsutrekningar. (Figur 4.4). Gytebestanden var på ein topp i 1998 og har sidan blitt litt redusert, men er forventa å stabilisere seg dersom fiskedøyingstalet vert halden på nivået i dag. Analysen viste ein liten auke i fiskedøyingstalet frå 2000 til 2001 og 2002, men det ligg framleis under føre-var-nivået. Dei siste åra har det vore ein tendens til å overvurdere fiskedøyingstalet og undervurdere bestandsstorleiken i siste utrekningsår. På den andre sida har denne trenden avteke noko siste år.
ACFM konkluderte med at bestanden er innafor sikre biologiske grenser. Gytebestanden er godt over føre-var-nivået på 150.000 tonn, og utnyttingsmønsteret er betre enn tidlegare. ACFM tilrår at fiskedøyingstalet vert halden under føre-var-grensa, noko som svarar til ein fangst på under 186.000 tonn i 2004.
Havforskningsinstituttet støtta tilrådinga frå ICES, og var einig i at ein legg seg under eit føre-var fiskedøyingstal også neste år. Med tanke på gytebestandsutvikling og størst mulig stabilitet i fangst tilrådde Havforskningsinstituttet at ein ikkje sette kvoten for 2004 høgare enn det motsvarande utnyttingsnivået i 2003, dvs. rundt 165.000 tonn. Dette ville i så fall vere på nivå med både gjennomsnittlig totalfangst frå 1960 til 2002 (160.000 tonn), og langtidsutbytet for gjeldande utnyttingsmønster under føresetnad av gjennomsnittleg rekruttering (161.000 tonn).
Det akustiske seitoktet er i fyrste rekkje retta inn mot aldersgrupper som er i ferd med å rekruttere til fisket (3-5 år) og dekkjer i mindre grad kjønnsmoden fisk. Det er vanskeleg å ha pålitelege mål for rekrutterande årsklassar av sei fordi de fyrst kjem inn i toktutrekninga samstundes med at dei kjem inn i not- og snurrevadfisket. Resultat frå dei siste tokta tyder på at utnyttingsgraden av 4-5 år gamal sei er aukande. Dette er spesielt urovekkjande for 4–åringane fordi det var venta at dei nye minstemålsføresegnene som vart innførde i 1999 i større grad ville verne denne aldersgruppa, som i store delar av året er under minstemålet. Dette tilseier også at ein må vere forsiktig i uttaket.
Norske styresmakter fastsette totalkvoten for 2004 til 169.000 tonn. (Sjå tabell 4.4). Dette svarar til eit fiskedøyingstal på omlag 0.24, som er under føre-var-grensa.
Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 221 | 165 | 168 | 289 |
1996 | Ingen auke i F | 158 | 163 | 171 | 332 |
1997 | Minka F til Fmed eller lavere | 107 | 125 | 144 | 385 |
1998 | Minka F til Fmed eller lavere | 117 | 1451 | 154 | 464 |
1999 | Minka F under Fpa | 87 | 1442 | 150 | 428 |
2000 | Minka F under Fpa | <89 | 1253 | 135 | 409 |
2001 | Minka F under Fpa | <115 | 135 | 136 | 441 |
2002 | Minka F under Fpa | <152 | 1624 | 154 | 447 |
2003 | Halde F under Fpa | < 1684 | 164 | 437 | |
2004 | Halde F under Fpa | < 186 | 169 | 411 |
1 TAC fyrst satt til 125.000 t, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.
2 TAC satt etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.
3 TAC satt etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.
4 TAC først satt til 152.000 t, auka til 162.000 t etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168.000 t følgeleg redusert til 164.000 t
4.2.4 Lodde i Barentshavet
Utrekningsmetodar
Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda av lodde som er eit år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni og eit 0-gruppetokt i august gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.
Bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet vert utarbeidde av ei undergruppe av «Northern Pelagic and Blue Whiting Fisheries Working Group» i ICES, som møtest etter hausttoktet Bestandsestimatet frå det årlege hausttoktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modeller der også modning, vekst og naturleg døyingstal inngår. Estimata for naturleg døyingstal tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å eta. I prognosane blir det teke omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.
Bestandsgrunnlaget
Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2003. Loddebestanden sin biomasse vart monaleg redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. Dette skuldast først og fremst at årsklassane 2000 og 2001 i 2003 berre var 0.2 og 0.1 gonger så talrike som tilsvarande aldersgrupper var i 2002. Dette kom både av at desse årsklassane var svakare i utgangspunktet, og at dei har hatt eit auka naturleg døyingstal. Den rekrutterande 2002-årsklassen var noko meir talrik enn den føregåande årsklassen, men hadde vesentleg lågare gjennomsnittsvekt.
Samanbrotet i bestanden skuldast tre faktorar; svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år), auka naturlege døyingstal og redusert individuell vekst (særleg på 1-åringane). Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Hausten 2003 vart det målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er difor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarver i denne perioden kan ha samanheng med dette. Den auka naturlege døyingstalet på eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beitar på ein sterkt minkande loddebestand. Nedgangen i vekst på 1-åringane var uventa; vanlegvis plar svake årsklassar ha god individuell vekst.
I 2004 og i 2005 vil bestanden vera på eit svært lågt nivå. Den vidare utviklinga i bestanden er i stor grad avhengig av rekrutteringa frå 2003-årsklassen. Som nemnt er denne årsklassen talrik på larve- og 0-gruppestadiet. Den sterke 2002-årsklassen av sild vil vera i Barentshavet enno eit par år, og kan påverke rekrutteringstilhøva for lodde negativt.
Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangstar | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1998 | Ikkje fiske | 0 | 0 | 1 | 931,8 |
1999 | SSB> 500,000 t | <79 | 80 | 105 | 1718 |
2000 | 5% sannsyn for SSB< 200 000 t | <435 | 435 | 410 | 2097 |
2001 | 5% sannsyn for SSB< 200 000 t | <630 | 630 | 575 | 2019 |
2002 | 5% sannsyn for SSB< 200 000 t | <650 | 650 | 643 | 1291 |
2003 | 5% sannsyn for SSB< 200 000 t | <310 | 310 | 2811 | 279 |
2004 | Ikkje fiske | 0 | 0 |
1 Førebels tal.
Reguleringar
Med den uvissa ACFM reknar med knyter seg til prognosen, vil det, sjølv utan eit fiske vinteren 2004, vera svært stor risiko for at gytebestanden vert mindre enn 200.000 tonn, som ACFM har valt å nytta som Blim . Med bakgrunn i bestandssituasjonen og desse utrekningane, rådde ACFM hausten 2003 til at det ikkje burde opnast for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2004. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2003 å forby fiske på Barentshavslodde vinteren 2004. (Sjå tabell 4.5).
4.2.5 Norsk vårgytande sild
Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild gjennomfører årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhav. Gytinga i februar går føre seg på Norskekysten frå Stad til Vesterålen, beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 90-talet. Dei siste to åra har ein stor del av bestanden overvintra i havet vest og nord for Vesterålen. Sildebestanden fiskast av Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn og Noreg er også største fiskerinasjon.
Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 60-tallet blei bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå. (Figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte og fyrst rundt 1997 var fangsten tilbake på nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2004 er gytebestanden utrekna å vere om lag 6 millionar tonn og forventast å vekse noko til neste år. Deretter følgjer ein nedgang før det igjen er forventa at gytebestanden vil vekse frå rundt 2006 då den sterke 2002-årsklassen vil byrje å rekruttere.
Situasjonen våren 2004
ICES har tilrådd eit fiske på 825 000 tonn for 2004. Grunnlaget for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999. Det er derimot ikkje oppnådd semje om å føre vidare denne fordelinga i 2004, og det er i skrivande stund difor usikkert om kor mykje den enkelte kyststat kjem til å fiske dette året. Noreg har sett ein kvote for det norske fisket som motsvarar 57%, i samsvar med dei tidlegare fempartsavtalane.
Tabell 4.6 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytende sild 1993-2003.
1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 20031 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Færøyane | 2,9 | 57,1 | 52,8 | 60,0 | 68,1 | 55,5 | 64,2 | 34,4 | 54,8 | 23,0 | |
Island | 21,1 | 174,1 | 165,0 | 220,2 | 197,8 | 203,4 | 186,4 | 77,6 | 126,3 | 102,6 | |
Noreg | 199,8 | 380,8 | 529,8 | 699,2 | 861,0 | 743,9 | 740,6 | 716,6 | 495,0 | 485,0 | 433,1 |
Russland | 32,6 | 74,4 | 102,0 | 119,3 | 168,9 | 124,0 | 157,3 | 158,3 | 110,9 | 109,7 | 100,6 |
EU | 40,1 | 180,4 | 116,4 | 89,2 | 78,5 | 93,4 | 67,9 | 54,8 | 29,1 | ||
Total | 232.4 | 479,2 | 903,1 | 1216,7 | 1426,5 | 1223,0 | 1235,3 | 1218,9 | 785,8 | 830,6 | 688,3 |
Fastsett kvote | 200,0 | 2 | 2 | 2 | 1500,0 | 1300,0 | 1300,0 | 1250,0 | 850,0 | 850,0 | 710,02 |
1 Førebels tal
2 Ikkje internasjonal semje om totalkvote
Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestanden sin storleik (1000 tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Ingen auke i F | 513 | Ikkje avtalt | 906 | 4873 |
1996 | Hald SSB over 2.5 millionar tonn | 1 | Ikkje avtalt | 1217 | 6522 |
1997 | Hald SSB over 2.5 millionar tonn | 1 | 1500 | 1420 | 7778 |
1998 | Ikkje gå over haustingssregelen | 2 | 1300 | 1223 | 7038 |
1999 | Ikkje gå over haustingssregelen | 1263 | 1300 | 1235 | 6525 |
2000 | Ikkje gå over haustingssregelen | 1500 | 1250 | 1207 | 5259 |
2001 | Ikkje gå over haustingssregelen | 753 | 850 | 770 | 4773 |
2002 | Ikkje gå over haustingssregelen | 1588 | 850 | 809 | 5098 |
2003 | Ikkje gå over haustingssregelen | 710 | Ikkje avtalt | 5200 | |
2004 | Ikkje gå over haustingssregelen | 825 | Ikkje avtalt | 5655 |
1 Gytebestanden må haldast større enn 2.5 millionar tonn
2 Må haustast innafor haustingssregelen
4.2.6 Nordsjøsild
Nordsjøsild er ein fellesbestand for Noreg og EU. Ein finn nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Den norske kvoten blir fiska av ringnotfartøy, trålarar og kystfartøy, dels i eit direkte fiske og dels som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i fisket frå 1960, er vist i figur 4.8 Fangsttala er henta frå ICES si sildearbeidsgruppe 2003, og vil ikkje alltid vere i samsvar med offisielle tal. Etter kollaps i bestanden, og stopp i fisket på midten av 1970-tallet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på 770.000 tonn i 1989. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 500.000-600.000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert. I 1996 blei det teke vel 265.000 tonn, og av dette vart ca. 38.000 tonn ungsild fiska som bifangst i industritrålfisket. I 2002 var fangstane auka til vel 350.000 tonn og uttaket av småsild var redusert.
EU-Noreg-avtala om forvaltning av nordsjøsilda, vart innført i 1998. I følgje avtala har Noreg 29% av totalkvoten for direktefiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket blir trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje blitt oppfiska i åra etter 1997.
Den avtalte kvoten for sild i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som blir fiska. Dette skuldast hovudsakleg to forhold: a) utstrekt bruk av feilrapportering. Det vil seie at det blir fiska nordsjøsild som blir rapporterte som fangstar teke i andre område, b) fisket etter småsild. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100-200.000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter den nye ordninga vart innført vart bifangstane av småsild i 2000-2002 redusert til 20.000 tonn årleg. Feilrapportering i 2002 vart estimert til ca. 31.000 tonn og utsleppa vart estimerte til ca 17.000 tonn. Det er med andre ord framleis stor usikkerheit i fangststatistikken og dette planter seg vidare til usikkerheit i bestandsvurderinga.
Bestandsgrunnlag
Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i åra 1989-1993, frå ca. 1,2 million tonn til ca. 470.000 tonn. (Figur 4.8). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 90-åra og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotene vart helde på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået var i kraftig nedgang. Dette førte til at rekrutteringa til den vaksne bestanden vart dårleg og vesentleg dårligare enn det som skulle til for å oppretthalde storleiken på bestanden med eit slik fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket, og på fangstar av vaksen sild, vart innført på midten av 1990-årene (EU-Noreg avtala). Dette førte til ein auke av gytebestanden, til ca 800.000 tonn i 1998–2000. I dei to neste åra steig gytebestanden til ca. 1,3 million tonn i 2001 og ca. 1,6 million tonn i 2002. Gytebiomassen har auka som følgje av reduserte fangstar, sterk rekruttering og oppfølging av strenge forvaltningstiltak som har redusert uttaket av både ungsild og vaksen sild.
Rådgjeving
Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998, er bestanden av Nordsjøsild no i god vekst. Fyrst i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere innafor sikre biologiske grenser. Forvaltningsstrategien som Noreg og EU er einige om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25, og for ungsild skal F ikkje overstige 0,12. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvoter som tilsvarar ein F på 0,2. I 2004 er den avtalte kvoten 500.000 tonn for vaksen sild og 52.000 tonn for ungsild.
Rådgjevinga for 2004 var i stor grad basert på to sterke årsklasser (1998 og 2000) på veg inn i fisket. Observasjonar frå ulike tokt indikerer at desse årsklassane er av dei sterkaste for perioden 1960-2002. Sterke årsklassar har tidligare vist tendens til lågare modningsrate enn gjennomsnittleg og dette vil kunne føre til negativ effekt på den estimert gytebiomassen. Det er indikasjonar på 2002-årsklassen er svært svak. Bestandsestimata er i stor grad avhengig av kvaliteten på fangsttala (feilrapportering, utslepp) og at kvotene ikkje blir overfiska. Dette påverkar i stor grad om forvaltningsstrategien for nordsjøsild lukkast.
Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av Nordsjøsild sidan 1995.
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Langsiktig gevinst forventa med lågare F | 429 | 440 | 566 | 482 |
1996 | 50 % reduksjon av avtalt TAC | 200 | 200 | 265 | 463 |
1997 | F = 0.2 | 186 | 186 | 234 | 557 |
1998 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 276 | 276 | 329 | 736 |
1999 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 296 | 296 | 336 | 850 |
2000 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 301 | 301 | 329 | 829 |
2001 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 301 | 301 | 323 | 1271 |
2002 | F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1 | 301 | 301 | 353 | 1588 |
2003 | F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.12 | 452 | 452 | 2231 | |
2004 | F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.1 | 552 | 552 | 2491 |
4.2.7 Makrell
Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar, sørleg-, vestleg- og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit høgt nivå, medan Nordsjø-komponenten framleis er på eit lågt nivå. Bestandsmålingar vert gjort kvart tredje år og i 2002 blei det observert teikn til vekst i Nordsjøbestanden for fyrste gong på meir enn 25 år. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.
Fisket
Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrell stort sett teke som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår hovedsakleg med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.
I byrjinga av 90-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600.000-650.000 tonn til over 800.000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvoter førte til at fangstane fall til 563.000 og 570.000 tonn i 1996 og 1997. (Figur 4.9). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4° vest (områda VI og VII).
Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Råd gitt for kvar gytekomponent | 645 | 756 | 2729 | |
1996 | Monaleg reduksjon av F | 452 | 564 | 2729 | |
1997 | Monaleg reduksjon av F | 470 | 570 | 2851 | |
1998 | F = 0,15-0,2 (Noreg-EU avtala) | 498 | 549 | 667 | 2875 |
1999 | F = 0,15 | 437 | 562 | 609 | 3147 |
2000 | Fpa = 0,17 | 642 | 612 | 667 | 3117 |
2001 | Fpa = 0,17 | 665 | 670 | 678 | 3428 |
2002 | Fpa = 0,17 | 694 | 683 | 718 | 3147 |
2003 | Fpa = 0,17 | 542 | 593 | 3091 | |
2004 | Fpa = 0,17 | 545 | 590 | 3070 |
Tabell 4.9 viser at fangstuttaket ligg til dels godt over både tilrådd og avtalt fangst. At fangsten har vore høgare enn avtalt skuldast hovedsakleg fisket i internasjonalt område og i Færøysona, i tillegg til eit generelt overfiske i andre område. I 2001, som var fyrste året med avtale også for den internasjonale sona, er fangstkvantumet meir i samsvar med avtalt kvote.
4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland
I dei siste åra har landingane lege rundt 110.000 tonn bortsett frå i 2000 og 2001 då landingane var rundt 95.000 tonn. (Figur 4.10). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinere år utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2002 er 117.000 tonn som er 18.000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av lave kvoter og utkastpåbudet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. For 2000 reknar ein med eit utkast på meir enn 20.000 tonn, og for 2001 på 15.000 tonn. Den norske delen av totalfangsten i denne perioden har vore over 48 %. Mellombelse oppgåver for 2003 tyder på at norsk fangst, inkludert bifangst til oppmaling, vil bli ca. 60.000 tonn. Dette er ca. 21.000 tonn mindre enn kvoten på 80.800 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (ca. 80 %). Notfisket inkluderar også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten.
Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | No increase in F | 107 | 107 | 113 | 135 |
1996 | No increase in F | 111 | 111 | 110 | 157 |
1997 | No increase in F | 113 | 115 | 103 | 196 |
1998 | Reduce F by 20% | 97 | 97 | 100 | 196 |
1999 | Reduce F to Fpa | 104 | 110 | 107 | 209 |
2000 | Reduce F by 30 % | 75 | 85 | 87 | 201 |
2001 | Reduce F by 20 % | 87 | 87 | 90 | 230 |
2002 | F < Fpa | 135 | 135 | 117 | 240 |
2003 | F < Fpa | <176 | 165 | 364 | |
2004 | F < Fpa | <232 | 190 | 436 |
ACFM har tilrådd at fiskedøyingstala i 2004 bør vere lågare enn Fpa (0,40), som tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 232.000 tonn. Dei fastslår samtidig at det ikkje er noko langsiktig gevinst i å auke fiskedøyingstala over dagens nivå. Ein vil auke stabiliteten i fangst over ein tiårsperiode ved å oppretthalde dagens fiskedøyingstal og avgrense uttaket til 162.000 tonn i Nordsjøen. Noreg og EU blei enige om ein totalkvote på 190.000 tonn for 2004. (Sjå tabell 4.10). Av dette kan Noreg disponere 98.800 tonn, kor alt kan fiskast i EU-sona.
4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen
Bunntrål- og snurrevadfisket til konsum fiskar torsk, hyse og kviting i blanding. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk medfører ei auke i døyingstala særleg for dei yngre årsklassane.
Torskelandingane har falle frå 300.000 tonn i 1981 til ca 54.000 tonn i 2002. (Figur 4.11). Norsk fiske i 2002 var på 5.200 tonn, og landingane i 2003 ser ut til å bli på ca 4.200. Dette er ca 450 tonn mindre enn den norske kvoten på 4.641 tonn. Noreg disponerer 17 % av total TAC.
Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Monaleg reduksjon i innsatsen | 120 | 120 | 73 | |
1996 | 80% av F(94) = 0.7 | 141 | 130 | 107 | 77 |
1997 | 80% av F(95) = 0.65 | 135 | 115 | 102 | 83 |
1998 | F(98) burde ikkje overstige F(96) | 153 | 140 | 122 | 72 |
1999 | F = 0.60 for å byggje opp att SSB | 125 | 132 | 78 | 59 |
2000 | F mindre enn 0.55 | < 79 | 81 | 59 | 45 |
2001 | Lågast mogleg fangst | 0 | 48,6 | 41 | 33 |
2002 | Lågast mogleg fangst | 0 | 49,3 | 43,9 | 39 |
2003 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 | ||
2004 | Ikkje fiske | 0 | 27,3 |
På tross av stort fiskepress har hysebestanden produsert fleire gode årsklassar sidan 1990, særleg er 1999-årsklassen svært sterk. Gytebestanden er i 2004 vurdert til å vere mellom 250.000 og 380.000 tonn, og soleis over Bpa på 140.000 tonn. På grunn av unøyaktige fangsttal fastslår arbeidsgruppa i ICES at fiskepressnivået er usikkert. Alle årsklassane etter 1999 er under middels, og årsklassane 2001 – 2003 ser ut til å vere svært svake, så dersom fiskepresset ikkje vert minka vil gytebestanden ganske snart havne under Bpa .
Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av hyse i Nordsjøen sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst m/utkast | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Monaleg reduksjon i innsats; blanda fiskeri | 120 | 140 | 147 | |
1996 | Må ta omsyn til blanda fiskeri | 120 | 154 | 176 | |
1997 | Må ta omsyn til blanda fiskeri | 114 | 138 | 190 | |
1998 | Ingen auke i F | 100,3 | 115 | 128 | 160 |
1999 | Redusér F(95–97) med 10 % | 72 | 88,6 | 111 | 112 |
2000 | F mindre enn Fpa | < 51,7 | 73 | 100 | 88 |
2001 | F mindre enn Fpa | < 58 | 61 | 165 | 241 |
2002 | F mindre enn Fpa | < 94 | 104 | 101 | 399 |
2003 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 55 | ||
2004 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 77 |
Kvitingbestanden vert no rekna for å vere utanfor sikre biologiske grenser (Bpa =315.000 tonn). Gytebestanden har avteke dei siste 20 åra, og var på det lågaste nivå som er observert i 1998. (Figur 4.13). Det er vanskeleg å sei noko om trendane i gytebestand og fiskedøying for dei siste åra, men alt tyder på at desse går i riktig retning.
Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av kviting i Nordsjøen sidan 1995
År | Råd frå ICES | Tilrådd TAC | Avtalt TAC | Fangst m/utkast | Gytebestand |
---|---|---|---|---|---|
1995 | Monaleg reduksjon i innsats; blanda fiskeri | 81 | 98 | 249 | |
1996 | Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk | 67 | 69 | 222 | |
1997 | Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk | 74 | 54 | 194 | |
1998 | Ingen auke frå 1996-nivået | 54 | 60 | 40 | 163 |
1999 | Minst 20% reduksjon av F(95–97) | 40,4 | 44 | 55 | 162 |
2000 | Lågast mogleg fangst | 0 | 30 | 55 | 200 |
2001 | 60 % reduksjon av F(97–99) | 19,4 | 30 | 43 | 218 |
2002 | F ikkje større enn 0.37 | <33 | 32 | 40 | 210 |
2003 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk | 16 | ||
2004 | Ingen fangst av torsk | 0 torsk |
ACFM tilrår at fisket etter torsk vert stoppa. Sidan torsk vert teke i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri som fangar torsk vert stoppa eller regulert slik at det blir minimale bifangstar av torsk. Ein gjenoppbyggingsplan bør lagast og iverksetjast for at gytebestanden av torsk kan vekse til over Bpa . Ein kan ikkje oppnå den nødvendige reduksjon i fiskedøying berre ved å redusere TAC. Gjenoppbyggingsplanen må innehalde tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusere bifangst av torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering av torsk i alle fiskeri. Fiskedøyinga på hyse må vere under Fpa i 2004. For kvitingen vil eit tilsvarande tal vere i underkant av 26.000 tonn.
Noreg og EU er blitt einige om følgjande totalkvoter for 2004: 27.300 tonn torsk, 77.000 tonn hyse og 16.000 tonn kviting. (Sjå tabell 4.11, 4.12 og 4.13). Noreg disponerer 4.641 tonn torsk, 15.391 tonn hyse og 1.600 tonn kviting. Alt kan fiskast i EU-sona.
4.3 Langsiktige forvaltningsplanar
Det er eit sentralt mål for norske fiskeristyresmakter å få til ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Ein viktig føresetnad for å oppnå dette målet, er at ei langsiktig forvaltningsplan med konkrete mål- og grenseverdiar er på plass for den aktuelle bestand. Hittil har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane.
4.3.1 Presentasjon av dei ulike forvaltningsplanane
4.3.1.1 Fellesbestandane i Barentshavet
Norsk arktisk torsk
Den 8. november 2002, i samband med 31. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i Kabelvåg, vedtok Noreg og Russland følgjande forvaltningsplan for norsk arktisk torsk som skal gjelde for den årlege kvotefastsettinga frå og med 2004:
Rekn ut gjennomsnittlig TAC-nivå for dei 3 komande år basert på Fpa2 . TAC for neste år fastsetjast til denne utgangsverdien av TAC for desse 3 åra
påfølgjande år gjentakast utrekninga av TAC for dei neste 3 år basert på oppdatert informasjon om bestandsutviklinga, like fullt såleis at TAC ikkje skal endrast med meir enn +/- 10 % av TAC for føregåande år
dersom gytebestanden faller under Bpa3 vil partane måtte vurdere lågare TAC enn det planen tilseiar
Forvaltningsplanen for torsk skal ta vare på omsynet til:
å leggja til rette for eit langsiktig høgt utbytte
ynskje om stor grad av stabilitet i TAC frå år til år
full utnytting av den til einkvar tid tilgjengelege informasjon om bestandsutviklinga
Norsk arktisk hyse
Same dag som Noreg og Russland vedtok forvaltningsplanen for norsk arktisk torsk vedtok dei ein tilsvarande forvaltningsplan for norsk arktisk hyse som også skal gjelde for den årlege kvotefastsettinga frå og med 2004:
Rekn ut gjennomsnittlig TAC-nivå for dei 3 komande år basert på Fpa4 . TAC for neste år fastsetjast til denne utgangsverdien av TAC for desse 3 åra
påfølgjande år gjentakast utrekninga av TAC for dei neste 3 år basert på oppdatert informasjon om bestandsutviklinga, like fullt såleis at TAC ikkje skal endrast med meir enn +/- 25 % av TAC for føregåande år 5
dersom gytebestanden faller under Bpa6 vil partane måtte vurdere lågare TAC enn det planen tilseiar
Også forvaltningsplanen for hyse skal ta vare på omsynet til:
å leggja til rette for eit langsiktig høgt utbytte
ynskje om stor grad av stabilitet i TAC frå år til år
full utnytting av den til einkvar tid tilgjengelege informasjon om bestandsutviklinga
Lodde i Barentshavet
Samtidig med forvaltningsplanane for torsk og hyse, vedtok Noreg og Russland også følgjande forvaltningsplan for lodde:
TAC skal ikkje setjast høgare enn at, med 95 % sannsyn, minst 200.000 tonn lodde får høve til å gyte.
4.3.1.2 Botnfisk og sild i Nordsjøen
Noreg og EU vedtok forvaltningsplanar for torsk, hyse, sei og raudspette i Nordsjøen fyrste gong 2. desember 1999. Desse forvaltningsplanane har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 24. januar 2004 i samband med fiskeriforhandlingane med EU for 2004.
Torsk i Nordsjøen
Forvaltningsplanen for torsk i Nordsjøen består av følgjande delar:
Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 70.000 tonn (Blim ).
For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.65 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 150.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 150.000 tonn.
For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av torsk, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også anna botnfisk blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.
Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.
Hyse i Nordsjøen
Forvaltningsplanen for hyse i Nordsjøen består av følgjande delar:
Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 100.000 tonn (Blim ).
For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.70 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 140.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 140.000 tonn.
For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av hyse, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også anna botnfisk blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.
Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.
Sei i Nordsjøen
Forvaltningsplanen for sei i Nordsjøen består av følgjande delar:
Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 106.000 tonn (Blim ).
For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.40 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 200.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 200.000 tonn.
Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.
Raudspette i Nordsjøen
Forvaltningsplanen for raudspette i Nordsjøen består av følgjande delar:
Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 210.000 tonn (Blim ).
For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.30 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 300.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 300.000 tonn.
For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av raudspette, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også andre demersale artar blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.
Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.
Sild i Nordsjøen
Noreg og EU vedtok ein forvaltningsplan for sild i Nordsjøen fyrste gong 2. desember 1997. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 20. desember 2002 i samband med fiskeriforhandlinane med EU for 2003. I tillegg til å fastsette fordelinga av bestanden, inneheld forvaltningsplanen følgjande delar:
Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit nivå på gytebestanden som er større enn det lågaste biologisk aksepterte nivå (MBAL) på 800.000 tonn.
Ein forvaltningsstrategi for mellomlang sikt, kor årlege kvoter skal bli satt for det direkte fisket og for bifangstar i andre fiskerier som definert av ICES, som skal reflektere eit fiskedøyingstal på 0.25 for 2-åringar og eldre og 0.12 for 0-1-åringar, skal setjast i verk.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 1.3 millionar tonn, vil fiskedøyingstala nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av dei presise forholda som rår då for å sikre rask atterreising av gytebestanden til nivåer langt over 1.3 millionar tonn.
Atterreisingsplanen nemnt ovanfor kan, mellom anna , inkludere ytterlegare avgrensingar av innsatsen i form av spesielle lisensar for fartøy, regulering av fiskedøgn, stenging av område og/eller periodar, spesielle meldingskrav eller andre passande kontrolltiltak.
Bifangst av sild kan berre landast i havnar kor passande prøvetakingsordningar for effektivt å kunne overvake landingane har blitt etablert. Alle landa fangstar skal trekkast frå dei respektive kvotane som er sett, og fiskeria skal stoppast omgåande når kvotane er oppfiska.
Partane skal, om det passar seg, konsultere og justere forvaltningstiltak og strategiar på basis av eventuelle nye råd frå ICES inkludert råd basert på vurderinga av talrikdommen til den yngste årsklassen.
4.3.1.3 Makrell i Nordaust-Atlanteren
Noreg, EU og Færøyane vedtok ein forvaltningsplan for makrell i Nordaust-Atlanteren fyrste gong 19. november 1999. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 4. november 2003. Forvaltningsplanen består av følgjande delar:
For 2001 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal i området 0.15 – 0.20 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES, om ikkje framtidig vitskapleg rådgjeving krev endring av fiskedøyingstalet.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 2.300.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 1 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 2.300.000 tonn.
Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.
4.3.1.4 Norsk vårgytande sild
Noreg, EU, Russland, Island og Færøyane vedtok ein forvaltningsplan for norsk vårgytande sild saman med fyrste gong 20. oktober 1999. Denne vart ført vidare seinast 9. november 2001. 7 Forvaltningsplanen består av følgjande delar:
Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit nivå på gytebestanden som er større enn det kritiske nivået (Blim ) på 2.500.000 tonn.
For 2002 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal mindre enn 0.125 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES, om ikkje framtidig vitskapleg rådgjeving krev endring av dette fiskedøyingstalet.
Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 5.000.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då for å sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 5.000.000 tonn. Basisen for ei slik justering skal som eit minimum vere ein lineær reduksjon av fiskedøyingstalet frå 0.125 ved Bpa ( 5.000.000 tonn) til 0.05 ved Blim (2.500.000 tonn).
Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.
4.3.2 Generelle merknader
Med enkelte få unntak 8 er det no på plass langsiktige forvaltningsplanar for samtlige av dei viktigaste kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Som nemnt i innleiinga er dette ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av desse bestandane. På den andre sida vil ikkje ein forvaltningsplan nødvendigvis alltid vere tilstrekkelig for å bringe opp/halda dei aktuelle bestandane på eit berekraftig nivå. Torskebestanden i Nordsjøen er til dømes eit eksempel på dette. Det er mellom anna også viktig å ha eit beskatningsmønster som er tilpassa den enkelte art og ein effektiv kontroll med fiskeuttaket. Norske styresmakter arbeider difor også aktivt med dette. Ein må vidare rekne med at det kan ta ei viss tid fra ein forvaltningsplan er vedtatt for å bygge opp att ein bestand, til denne bestanden faktisk kan seiast å vere på eit berekraftig nivå. Uavhengig av om alle dei føresetnadene forvaltarane kan påverke er oppfylt, kan det dessutan vere vanskeleg å bygge opp att ein bestand om dei naturlege tilhøva ikkje ligg til rette for det.
Fotnotar
pa = «precautionary approach» = «føre var»
Føre-var-grensen for fiskedøyingstalet for norsk arktisk torsk er no 0.40.
Føre-var grensen for gytebestanden av norsk arktisk torsk er no satt til 460.000 tonn.
Føre-var-grensen for fiskedøyingstalet for norsk arktisk hyse har hittil vore satt til 0.35.
På grunn av dei større naturlege fluktuasjonane i hysebestanden enn i torskebestanden, vart Noreg og Russland den 14. november 2003, i samband med 32. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i St. Petersburg, samde om å vurdere prosentsatsen for dei årlege endringane i TAC for hyse på ny fram mot 33. sesjon i fiskerikommisjonen.
Føre-var-grensen for gytebestanden av norsk arktisk hyse har hittil vore satt til 80.000 tonn.
I mangel av ein fempartsavtale for 2004 er også forvaltningsplanen sett ut av kraft inntil vidare. I 2003 var totalfangsten i samsvar med forvaltningsplanen.
Kviting i Nordsjøen og kolmule.