5 Oppsummering av innspel frå høyringsinstansane
Justisdepartementet sende Politidirektoratet sin rapport på høyring 13. februar 2003, med frist 20. mars 2003. Rapporten vart sendt til følgjande:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kultur- og kyrkjedepartementet
Sosialdepartementet
Utanriksdepartementet
Riksadvokaten
Statsadvokatane
Regjeringsadvokaten
Politiets Fellesforbund
Norges lensmannslag
Politiembetsmennenes Landsforening
Norsk Tjenestemannslag
Flerfaglig FellesOrganisasjon
Norges Juristforbund
Datatilsynet
Den norske advokatforeningen
Den norske dommerforeningen
Rettspolitisk forening
KROM
Forsvarerforeningen av 1977
Norsk senter for menneskerettigheter, UiO
Sentralkontoret for folkeregistrering
Sivilombodsmannen
Antirasistisk Senter
Innvandrernes landsorganisasjon
Islamsk kvinnegruppe Norge
Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene (KIM)
Kristent interkulturelt arbeid
MiRA senteret
Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)
Organisasjon mot offentlig diskriminiering (OMOD)
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger
SOS Rasisme
Senter mot etnisk diskriminering (SMED)
Ungdom mot vold
African Youth In Norway
Alternativ til Vold
Politiets sikkerhetstjeneste
Departementet mottok i alt 23 merknader:
Forsvarsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Utanriksdepartementet
Riksadvokaten
Hedmark og Oppland statsadvokatembeter
Politiets Fellesforbund
Politiembetsmennenes Landsforening
Norsk Tjenestemannslag avd. 104-5
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening ved Hovedstyret og Menneskerettighetsutvalget
Norsk senter for menneskerettigheter - Universitetet i Oslo
Antirasistisk Senter
Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene (KIM)
Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)
Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering (OMOD)
Senter mot etnisk diskriminering (SMED)
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner
Human-Etisk Forbund
Psykososialt team for flyktninger på Vestlandet
Norsk Folkehjelp
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
I tillegg tok Politidirektoratet mot innspel frå følgjande politidistrikt og særorgan:
Haugaland og Sunnhordland, Oslo, Rogaland, Vestoppland, Sogn og Fjordane, Østfold, Vestfold, Salten, Agder, Troms, Søndre Buskerud, Hedmark, Hordaland, Nordmøre, Romsdal, Sunnmøre, Politiets datatjeneste, Politiets materielltjeneste, Kriminalpolitisentralen.
Oppsummering av desse vart send til departementet og behandla på line med andre høyringsinnspel.
I høyringsbrevet ba Justisdepartementet om at følgjande fem spørsmål vart vurderte:
Kva kan ein reelt vente å oppnå ved ei kvitterings-/registreringsordning - kva for positive og negative konsekvensar kan ein vente i høve til føremålet?
Direktoratet peiker på store økonomiske og ressursmessige konsekvensar for politiet. Ein ber om ei særskild vurdering av dette.
Bør kontrollar i høve til utlendingslova og/eller § 333 i straffelova inkluderast i ei kvitterings-/registreringsordning?
For å kunne vurdere om politiet er urimeleg eller diskriminerande i sin praksis når det gjeld personar med minoritetsbakgrunn, vil det vere nødvendig å registrere einskildpersonar sin etnisitet og andre personopplysningar i samband med innføring av ei kvitterings-/registreringsordning (jf. punkt 6.5.3 i rapporten). Vi ber også om ei vurdering av dette.
Ein ba særleg Politiets datatjeneste og andre relevante instansar vurdere følgjande spørsmål:
Er politiet sitt dataverktøy, PO, eit føremålstenleg verktøy i denne samanhengen?
Dersom det ikkje er det, kva slag verktøy vil vere tilstrekkeleg, når kan ein vente at eit slikt verktøy vil vere tilgjengeleg, og kva vil kostnadene vere?
Nedanfor følgjer ein gjennomgang av høyringsuttalane når det gjeld desse spørsmåla, inkludert ei oppsummering av kva for instansar som stiller seg positive og negative til ei kvitteringsordning eller eit prøveprosjekt.
5.1 Høyringsinstansene si vurdering av positive og negative konsekvensar ved ei kvitterings-/registreringsordning
Dei frivillige organisasjonane som arbeider for etniske minoritetar sine rettar, samt Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene, Senter for etnisk distriminering, Human-Etisk Forbund, Norsk Senter for menneskerettigheter, Norsk Folkehjelp, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Psykososialt team for flyktninger på Vestlandet, Landsorganisasjonen i Norge, Den norske advokatforeining ved høvesvis Menneskerettighetsutvalget og Hovedstyret meiner at dei positive konsekvensane ved ei kvitteringsordning veg tyngre enn dei negative, eller ein stiller seg positiv til ei utprøving av ei kvitterings-/registreringsordning. Høyringsuttalane frå Kommunal- og regionaldepartementet, Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartemenet viser tilsvarande haldning. Frå fleire hald, mellom anna frå Norsk organisasjon for asylsøkere, er det peika på at ei kvitteringsordning vil kunne føre til større tillit og høve til å kunne føresjå kva som ventar dei som blir stoppa av politiet. Senter mot etnisk diskriminering legg vekt på at dokumentasjon av politiet sitt arbeid er nødvendig for å føre demokratisk kontroll med politiet si innblanding i privatlivet til einskildpersonar, og ser ei kvitteringsordning som eit ledd i dette. Ei kvittering vil i tillegg ha informasjonsverdi i høve til ein resultatlaus kontroll, og vil etter Senter mot etnisk diskriminering si meining vere med på å gi ei oppreising for den krenkinga den einskilde opplever ved kontrollen.
Riksadvokaten, Politiets Fellesforbund, Politiembetsmennenes landsforening, Norsk Tjenestemannslag avd. 104-5, Politidirektoratet, politiet sine særorgan og politidistrikta høyrer til i den gruppa av instansar som gjev uttrykk for at kvitteringsordninga vil ha fleire negative enn positive konsekvensar. I Politidirektoratet si oppsummering av uttalane frå politidistrikta og særorgana heiter det at dei som har uttald seg «i hovedsak er enige om at en kvitterings-/registreringsordning vil ha flere negative konsekvenser enn positive». Oslo politidistrikt er eitt av dei få distrikta som nemner nokre positive konsekvensar, og skriv:
«Fordelene synes vel i hovedsak - i alle fall i utgangspunktet - å knytte seg til bedre kunnskap om politiets virksomhet, og en mulig bedret legitimitet i større grupper av befolkningen som både vil omfatte minoritetsbefolkningen og andre.»
I Politidirektoratet sitt samandrag av uttalane frå politidistrikta og særorgana kjem det ellers fram at ein tvilar på om ordninga vil oppfylle føremålet, og meiner at ho vil føre til meirarbeid for politiet med tanke på utfylling av kvitteringar og registrering av desse. Ein viser også til erfaringar frå England og problem i samband med analyse av tala. Vidare viser ein til erfaringane frå England og Skottland, som kunne tyde på at politiet i større grad trekte seg unna publikum for å unngå vanskar.
Politiets Fellesforbund gjev uttrykk for at det har mykje å seie korleis den einskilde tenestemannen opptrer ovanfor publikum og korleis eventuelle klager over oppgåveutføringa vert behandla. Politiets Fellesforbund meiner dette er tilhøve som linjeleiinga må ha eit særleg ansvar for. Vidare har forbundet forståing for at einskilde personar/organisasjonar kan støtte eit forslag om kvitteringsordning, men meiner at dette ofte er basert på manglande forståing for måten politiet arbeider på. I innspelet sitt åtvarar Politiets Fellesforbund mot å innføre kvitteringsordninga, både på permanent basis og som eit prøveprosjekt. Forbundet gjev uttrykk for at ein heller bør satse på haldningsskapande arbeid.
Riksadvokaten diskuterer innleiingsvis kva som er føremålet med den skisserte kvitterings-/registreringsordninga. Det kan vere
å leggje for dagen om politiet diskriminerer einskilde grupper i folket
å fremje ikkje-diskriminering i politietaten
å gje den visiterte høve til å dokumentere visitasjonen seinare
å etablere ei formell ordning som verkar tillitsvekkjande
Riksadvokaten meiner at det ikkje krevst registrering frå politiet si side for å oppnå dei to siste føremåla, men eventuelt ei kvitteringsordning. Han peiker på følgjande:
«De to første formålene forutsetter som et minimum at visitasjonen registreres, men ikke nødvendigvis at den visiterte får kvittering. Slik Stortingets vedtak er formulert, kan det synes som det er de to siste formålene man der hadde i tankene.»
Riksadvokaten drøftar innhaldet i forslaga om kvitteringsordning og registreringsordning. Han ser ikkje sterke omsyn som talar for ei kvitteringsordning, og seier at han vanskeleg kan gå inn for ei ressurskrevjande registreringsordning når det ikkje er rimeleg grunn til å tru at dette vil betre polititenesta eller gje kunnskap som kan nyttast til å betre tenesta.
Riksadvokaten foreslår at det blir vurdert om ein kan oppnå føremålet ved dokumentasjon i samband med seinare klage «ved å utstyre alle uniformerte tjenestemenn med synlige tjenestenummer som klageren kan vise til».
Det verkar som fleire av høyringsinstansane meiner at politiet har ein veg å gå når det gjeld å skape tillit og føresjåing i høve til delar av publikum. Forsvarsdepartementet har kommentert at «det bør . . . være i politiets egen interesse å etablere systemer som gir god dokumentasjon for hvordan det opptres overfor publikum, slik at man både kan tilbakevise urettmessige klager og eventuelt gripe fatt i uønsket opptreden». Kommunal- og regionaldepartementet og Utanriksdepartementet meiner det vil vere positivt med betre oversikt over politiet sin praksis. Mange av dei frivillige organisasjonane, i tillegg til Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene og Senter mot etnisk diskriminering tek opp att desse synspunkta.
5.2 Økonomiske og ressursmessige konsekvensar av ei kvitterings-/registreringsordning
Det er særleg politi- og lensmannsetaten og politiet sine organisasjonar som har synspunkt til dette spørsmålet. Dei støttar tala og utrekningane som kjem fram av rapporten. Ein meiner ressursbruken og dei store kostnadene som vert skisserte er argument som talar mot innføring av ei kvitterings-/registreringsordning.
Andre, mellom anna Forsvarsdepartementet, er noko overraska over at ei registreringsordning skal ha så store ressursmessige konsekvensar som rapporten indikerer, og stiller spørsmål om det ikkje vil vere mogeleg å gjere det noko enklare. Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene meiner eit prøveprosjekt kan gi erfaringar om korleis ei ordning kan gjennomførast med bruk av mindre ressursar. Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering meiner også at ressursbruken må utgreiast nærare, og må sjåast opp mot det ein eventuelt kan spare ved at talet på resultatlause kontrollar vert redusert.
Fleire høyringsinstansar strekar under at eit demokratisk land må vere villig til å bere dei kostnadene ein finn nødvendige for å sikre rettstryggleik for den einskilde borgaren.
5.3 Kva for møter mellom politiet og publikum bør inkluderast i ei kvitterings-/registreringsordning
Fleire høyringsinstar meiner at alle «kontrollar» bør inkluderast. Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering meiner det vil vere ønskeleg med dokumentasjon ved «mistankebaserte kontroller», og at det bør vere fokus på ransakingar som politiet har teke initiativ til. Organisasjonen meiner dette bør greiast nærare ut av eit utval med brukamedverknad.
Kommunal- og regionaldepartementet meiner det er dei situasjonane som minoritetsgrupper opplever som krenkande som må takast med i ei kvitteringsordning. Departementet meiner at utlendingskontroll ikkje bør inkluderast under føresetnad av at Politidirektoratet sitt rundskriv til politi- og lensmannsetaten av 3. august 2001 (R 01/021) «Politiets utøvelse av kontroll - grensenære områder og annen indre utlendingskontroll» vert følgd opp, og at politiet gjer dei nødvendige registreringane i desse sakene. Senter mot etnisk diskriminering er også positiv til ordningane i rundskrivet som pålegg politimeisteren å føre oppgåve over identitetskontrollar som er gjort av personar sitt løyve til innreise og opphald.
Riksadvokaten tek opp at dersom det skal innførast ei kvitteringsordning ved visitasjon, kan det reisast spørsmål om det også bør innførast ei kvitteringsordning ved ransaking av person i medhald av straffeprosesslova § 198, og eventuelt ved andre former for ransaking. Ved ransaking skal det utarbeidast rapport som vert lagd i saka, jf. straffeprosesslova § 199 andre ledd. Det kjem fram av rapporten at ransaking av person med heimel i straffeprosesslova § 198 første ledd nr. 2 og 3 ikkje alltid vert nedteikna i rapport. Riksadvokaten vil skjerpe inn dette regelverket.
5.4 Registrering av etnisk bakgrunn i samband med ei kvitterings-/registreringsordning
Dei fleste av høyringsinstansane er samde om at etnisitet må registrerast dersom ein skal kunne vurdere om politiet utøver urimeleg kontroll mot personar med minoritetsbakgrunn. Politiets Fellesforbund seier seg også samd i dette, men meiner at registrering av etnisitet i seg sjølv kan verke stigmatiserande for den kontrollerte, og kan føre til ytterlegare polarisering mellom den folkesetnaden som representerer majoriteten og den som representerer minoriteten. Få politidistrikt har uttald seg om dette spørsmålet. Dei gir i hovudsak uttrykk for at dersom ordninga vert gjennomførd, bør etnisiteten til den som blir kontrollert registrerast, sjølv om dette vil kunne kjennast som ei bør for den som blir spurd. For at kontrollane skal kunne etterprøvast og følgjast opp, må det likevel gjerast ei registrering.
Fleire høyringsinstansar meiner at informasjonen som blir registrert må anonymiserast, slik at det er mogeleg å få ut relevante statistiske opplysningar utan at einskildpersonar vert knytt til desse. Datatilsynet, Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering og andre skisserer ei løysing der kvitteringa inneheld namn på den kontrollerte, eventuelt personnummer, i tillegg til andre relevante opplysningar. På bakgrunn av kvitteringa vert opplysningar registrerte i politiet sitt dataverktøy, PO (eventuelt anna system), som dannar grunnlag for statistiske oversiktar, men som ikkje kan førast tilbake til den einskilde.
5.5 Bruk av politiet sitt dataverktøy, PO, i ei registrerings-/kvitteringsordning
Politiets datatjeneste meiner PO er eit føremålstenleg verktøy for registrering og kvittering ved personkontroll, og at det vil vere uheldig å innføre fleire system. Systemet vert nytta ved direkte kommunikasjon med operasjonssentral, men det må utviklast utskriftsrapport til personen som blir kontrollert. Med ei slik teknisk løysing vil ei eventuell kvittering måtte ettersendast til den som blir kontrollert. Ein vil inneverande år greie ut spørsmålet om mobil tilgang til PO, og PO vil ved slik tilgang kunne nytte dette konseptet. Ein mobil PC må då også utstyrast med skrivar. Sidan konsept for mobile PCar ikkje er på plass, kan Politiets datatjeneste ikkje rekne ut kostnadene ved arbeidet no.
Kommunal- og regionaldepartementet er skeptisk til lagring av opplysningar som etnisitet og andre personopplysningar i PO-systemet. Dersom registrering i PO-systemet er den einaste løysinga det går an å gjennomføre, meiner Kommunal- og regionaldepartementet at det bør vurderast nærare om det er mogeleg å skjerme sensitive opplysningar gjennom ei særleg regulering i forskrift.