St.meld. nr. 47 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1998 og fisket etter avtalene i 1996 og 1997

Til innholdsfortegnelse

3 Dei ulike fiskeriavtalene for 1998

I tråd med det avtaleverket som det er gjort greie for i St meld nr 49 (1994-95), fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land. Dei viktigaste forhandlingane er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det blir også ført forhandlingar med EU, på vegner av Danmark og Sverige, om reguleringstiltaka i Skagerrak og Kattegat. I tillegg fører Noreg forhandlingar med Polen og EU (på vegner av Sverige), og trepartsdrøftingar med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Noreg tek óg del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriorganisasjonane NAFO og NEAFC. Sidan 1996 er det ført forhandlingar om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild.

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES (International Council for the Exploration of the Sea). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og nasjonalstatane langsmed Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM (Advisory Committee on Fisheries Management). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årleg råd om fangstmengd for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Kartet nedanfor viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 3.1 

Figur 3.1

Fiskeridepartementet utnemner forhandlingsdelegasjonar med representantar frå Fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Utenriksdepartementet, Norges Fiskarlag og enkelte andre berørte organisasjonar i fiskerinæringa som Norsk Sjømannsforbund og Fiskerinæringens Landsforening.

Før dei årlege forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeridepartementet konsultasjonar med dei berørte organisasjonane og institusjonane i næringa. På desse møta blir det gjort greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa blir drøfta. Her blir grunnlaget lagt for kva som skal vere instruksen for forhandlingsdelegasjonen. Denne instruksen blir endeleg klarert av fiskeriministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalene for 1998

Avtaler om gjensidige fangstkvotar

Noreg - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det mogleg å fiske torsk også i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet (norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde). Partane avtaler også fordelinga av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på fellesbestandane i den andre parten si sone. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtala mellom Noreg og Russland blei underskriven i Petrozavodsk 15. november 1997, jf. vedlegg 1: protokoll frå den 26. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen.

For 1998 har Noreg og Russland fastsett ein TAC for norsk arktisk torsk på 654.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk. I tillegg kjem 40.000 tonn norsk kysttorsk. Det er avsett ein kvote til tredjeland på 80.000 tonn. Av dette kan 26.160 tonn fiskast i Svalbardområdet. Resten av kvoten til tredjeland, som er på 53.840 tonn, er fordelt med 32.300 tonn til NØS og 21.540 tonn til RØS. Dette er ein reduksjon samanlikna med 1997 då totalkvoten var på 850.000 tonn. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg i 1998. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 313.000 tonn, medrekna dei 40.000 tonna norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 301.000 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 130.000 tonn. Dette er ein reduksjon frå 210.000 tonn i 1997. Av denne er det avsett ein kvote til tredjeland på 6.000 tonn, som er delt med 3.600 tonn til NØS og 2.400 tonn til RØS. Russland har overført 4.000 tonn norsk arktisk hyse til Noreg for 1998. Etter overføring er den norske kvoten på 66.000 tonn og den russiske på 58.000 tonn.

For å sikre ei optimal utnytting av torske- og hysebestandane nord for 62 ºN slik at ein unngår fiske ungfisk, har Noreg tradisjonelt gitt Russland adgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland for 1998 samde om lik adgang til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 1998 kan såleis Russland fiske 150.000 tonn torsk og 25.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone. Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

På bakgrunn av bestandssituasjonen for lodde er Noreg og Russland samde om at det ikkje skal vere tillate å fiske på denne bestanden i 1998.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 1998, er Russland tildelt ein kvote på 2.000 tonn snabeluer (Sebastes mentella) for eit direkte fiske. Det er forbod mot eit direkte fiske av uer nord om 70 ºN. Russland har likevel adgang til eit direkt fiske som ledd i ei vitskapleg kartlegging av uerbestanden. Vidare har Russland ein kvote på 1.500 tonn samla av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer som uunngåeleg bifangst, 2.500 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske og som bifangst. I tillegg kan Russland drive eit prøvefiske avgrensa til 750 tonn reker i fiskerisona ved Jan Mayen og dessutan 50.000 tonn kolmule i same sona og i eit nærmare avgrensa område i Noregs økonomiske sone. Den samla bifangstkvoten for uer er auka noko samanlikna med 1997 elles er desse kvotane uendra.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland vidareføre forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 1998. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskapar, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 1998.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 1998, har Noreg fått ein kvote på 3.000 tonn reker i russisk økonomisk sone. I tillegg tillét Russland at Noreg driv eit forsøksfiske etter haneskjell i russisk sone, på vilkår som skal drøftast nærmare.

Noreg og Russland er samde om at fisket på bestandar som ikkje er kvoteregulerte berre skal skje som bifangst i kvoteregulerte fiskeri, og har tildelt kvarandre ein gjensidig bifangstkvote på 3.000 tonn. Desse bifangstkvotane kan aukast etter nærmare avtale, dersom den praktiske avviklinga av fisket krev det.

På slutten av 60-talet sette Russland, på eksperimentelt grunnlag, ut kongekrabbe (Paralithodes camtchatica) i Barentshavet. Krabben kjem opphavleg frå Okhotskhavet. Etter utsetjinga har krabbebestanden auka og sidan 1979 har ein funne kongekrabbe også i norske farvatn. På møte i Den blanda fiskerikommisjonen i 1998 blei det gjort vedtak om å vidareføre forbodet mot kommersielt fiske etter kongekrabbe. Som ledd i det pågåande forskingssamarbeidet på bestanden, kan partane ta 15.000 eksemplar kvar hausten 1998/vinteren 1999. Forvaltninga av kongekrabbe, inklusive omfanget på forskningsfangsten, skal drøftast i eit ekstraordinært møte i kommisjonen i 1998.

Innanfor ramma av fiskerikommisjonen blir det kvart år nedsett ei felles arbeidsgruppe for å drøfte reguleringstiltak for selfangsten. Russland kan fange 2.500 vaksne dyr av grønlandssel og 2.800 vaksne dyr av klappmyss i Vesterisen. Noreg kan ta ein kvote i Austisen på 5.000 grønlandssel medrekna årsungar. Det er ikkje venta at Russland tar sin selkvote i Vesterisen. Kvoten tilfell då Noreg.

Innanfor ramma av Den blanda fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 blei partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 blei dei samde om å sette ned eit permanent utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa si kystvakt og kontrollmyndigheiter, medrekna utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata. Samarbeidet i Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål skal vidareførast i 1998. Partane er også samde om at når dei inngår kvoteavtaler med tredjeland, skal desse landa forplikte seg til å avgrense sitt fiske til dei kvotar som er tildelt av kyststatane, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs eller Russlands fiskerijurisdiksjonsområde. Det skal også i 1998 gjennomførast ein aktiv kontroll med tredjeland sitt fiske i Barentshavet, slik at fisket blir stansa når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Det permanente utval utarbeidde i 1997 forslag til ein felles norsk - russisk instruks for å utføre målingar etter den felles metodikk for måling og berekning av omrekningsfaktorar. Partane var samde om å nytte denne instruksen ved fastsetjing av omrekningsfaktorar. Det var semje om å bruke felles omrekningsfaktorar for torsk. For hyse vedtok partane midlertidige omrekningsfaktorar. Det permanente utval fekk i oppgåve å arbeide vidare med omrekningsfatorar for hyse.

På møte i Den blanda fiskerikommisjonen i 1995 blei det gjort avtale om å nedsetje ei felles arbeidsgruppe for utvida næringssamarbeid på fiskerisektoren. Arbeidsgruppa er pålagd å vidareføre samarbeidet og framleggje resultat på neste kommisjonsmøte. I 1998 skal det haldast eit fellesmøte i fiskerikommisjonen, mellom arbeidsgruppen og representantar frå dei to landa.

Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalene

På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskerier, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtaler om Noregs og EUs fiske i Nordsjøen, Barentshavet og vest av Dei britiske øyane. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig tilgjenge til den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengd for bestandane. Det har frå 1978 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen.

Eit anna element i kvoteavtalene er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane. Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av eit tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

Utfordringar i fiskerisamarbeidet

Noreg og EU har i løpet av dei siste tjue åra hatt eit nært samarbeid om ressursforvaltning. Arbeidet har gitt resultat, men det er framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga. Dette ser vi til dømes for konsumfiskbestandane i Nordsjøen, der fiskeinnsatsen har vore for høg i høve til bestandsgrunnlaget. Det er også eit problem at Noreg og EU forvaltar desse bestandane ulikt. Noreg har eit forbod mot utkast av fisk i NØS, mens EU i si sone pålegg fiskarane å kaste ut fisk som anten er under minstemålet, er fiska i strid med gjeldande bifangstreglar, eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Viktige fiskebestandar som torsk, hyse, sei og kviting har over dei siste tjuefem til tretti åra blitt sterkt utnytta. Så mykje som 60 % av den enkelte bestanden blir fiska opp kvart år. Dette gjer utviklinga og veksten i bestandane særleg avhengig av rekruttering. Gjennom ei meir forsiktig beskatning, der ein auke i rekrutteringa til bestandane ikkje blir tatt ut i form av auka totalkvotar, har Noreg og EU dei siste åra starta arbeidet med å byggje opp att sentrale konsumfiskbestandar. Det er no registrert ein viss reduksjon i fiskedødeligheitsnivåa for torsk, og kviting. Hysebestanden ligg på eit nivå som er innanfor sikre biologiske grenser. Det vart i 1997 registrert vekst i raudspettebestanden og det er også tekn på vekst i makrellbestanden etter at Noreg og EU dei to siste åra har forvalta desse to bestandane ut frå eit fleirårig perspektiv med faste dødeligheitsnivå.

Fiskerisamarbeidet med EU er både omfattande og komplisert og derfor ikkje alltid konfliktlaust. Det er no særleg på eit område at Noreg og EU prioriterer innsatsen. Dette gjeld makrell.

Makrellbestanden er den einaste som ikkje formelt sett er delt mellom Noreg og EU etter vanleg mønster for dei fellesbestandane som blir regulerte i det tosidige avtaleverket. Det blir derfor inngått årlege ad hoc-ordningar, der Noreg i dag har drøye 31 % av makrellkvoten.

Norske fiskarar meiner Noreg har krav på ein mykje høgare del av makrellbestanden enn 31 %. Dette har samanhang med endringar i utbreiinga av makrellen, med ei meir nordleg og austleg utbreiing, slik at mykje av den fiskbare delen av makrellen oppheld seg i ein lengre del av året i Noregs økonomiske sone. Arbeidet med deling av makrellen mellom partane og med eit nytt forvaltningsregime er derfor eit viktig område for samarbeid framover.

Arbeidet framover

Noreg er både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen i Bergen i mars 1997, i ein prosess med EU i spørsmålet om dei langsiktige tiltaka i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess - frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene om behovet for å endre beskatningsmønstret i Nordsjøen - til semje om eit samarbeid for å søkje tekniske løysingar på problema. Dei store endringane må difor kome i dei meir langsiktige prosessane som Noreg og EU allereie har starta og som Noreg er ein pådrivar for i dei årlege kvoteforhandlingane.

Det er innanfor ramma av den bilaterale fiskeriavtalen at Noreg og EU kan treffe dei tiltaka som må til for å gjenopprette balansen i Nordsjøen. Samstundes er det viktig å ikkje tape av syne at dei tiltaka som skal gjelde for fellesbestandane i Nordsjøen berre kan få gjennomslag når det er semje om dei mellom Noreg og EU. EU sine reguleringar i småsildfisket som blei iverksett i 1996 og som seinare er vidareførte, må ein kunne ta til inntekt for at det er politisk vilje til endring i gamle forvaltningsmønster.

I dei meir langsiktige prosessane må ein fokusere på dei ulike fisketeknikkane som blir brukte og på behovet for meir selektiv reiskap. Uttaket av fisk må skje på ein måte som gjer at vi tar opp den store fisken og lar småfisken unnsleppe, for å vekse seg større.

I ein rapport som blei utarbeidd i tilknytning til Nordsjøkonferansen i Bergen blir det peikt på at når det til dømes gjeld torsk, har det ikkje vore store avvik mellom rådgjevinga til havforskarane, dei anbefalte kvotane, dei fastsette kvotane og dei rapporterte landingane. Likevel har den faktiske fiskedødeligheita vore mykje høgare enn forutsett. Årsaka til dette er feilrapporterte eller urapporterte fangstar og landingar og utkast av fisk. Det er av den grunn ikkje nok å innføre meir selektive fiskereiskap og å stengje fiskefelt i delar av sesongen. Det må også iverksetjast effektive kontolltiltak slik at regelverket blir følgt og fangstmeldingane blir korrekte.

Utkast av fisk utgjer eit særleg og samansett problem. Det inneber at fisk blir kasta over bord og difor ikkje landa. Denne fisken blir ikkje ein del av fangststatistikken sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Som vist til over praktiserer EU utkastpåbod. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å få tilstrekkeleg med verdifull fisk («highgrading»). Resten blir kasta ut og dette undergrev gjeldande forvaltningstiltak. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit stort avvik mellom registrert fiskedødeligheit og faktisk dødeligheit.

Frå norsk side blei det på midten av 1980-talet arbeidd med å endre dei grunnleggjande reglane for fiske. Målet var å hindre at fiskarane fiska undermåls fisk. Utkastforbodet var i den samanhengen eitt av fleire tiltak. Det blei kravd at fiskaren skifta fangstfelt for å unngå å få ei ulovleg innblanding av undermåls fisk. Det blei iverksett overvåking av fiskefelta i Barentshavet som grunnlag for å stengje og opne fiskefelt og det blei gitt føresegner om bruk av selektiv reiskap så som sorteringsrist. I makrellfisket blei det utvikla ein måte for administrativ avregning av fartøykvotane (G 6-ordninga), for å hindre at småmakrellen blei kasta ut.

På ministerkonferansen i Bergen var det semje om at det viktigaste styrande elementet i forvaltninga skal vere prinsippet om berekraftig forvaltning basert på den best tilgjengelege vitskap og rådgjeving. For å hindre at fiskebestandane kommer i ein alvorleg situasjon, må det setjast minste felles nivå (minimum target levels) for dei ulike bestandane. Dette inneber at forvaltarane må be om råd frå havforskarane i forhold til ei tryggleikssone som ligg over det biologisk lågaste akseptable nivå. Dette arbeidet krev utførleg vitskapleg innsats og blir nå fulgt opp overfor Det internasjonale havforskningsrådet. Rådet vil få i oppgåve å gje nærmare råd i forhold til føre vàr-prinsippet. Ei slik oppgåve er krevjande og forutset at Nordsjølanda satsar aktivt på eit auka samarbeid om ressursforskning.

På ministerkonferansen var det semje om behovet for liknande kontrolltiltak som dei Noreg og EU allereie er samde om i den bilaterale kvoteavtala: skjerpa kontroll og overvåking av ressursuttaket i Nordsjøen, utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og å innføre satellittovervaking. Ei anna viktig målsetting er å harmonisere dei tekniske fiskerireguleringane og kontrollføresegnene. Når det gjeld utkastproblematikken blei det oppnådd prinsipiell semje om at eit utkastforbod er eitt mogleg tiltak i forvaltninga. Eit heilt naudsynt første skritt for å rette på situasjonen i Nordsjøen, er å få betre oversikt over dei mengdane fisk som blir kasta overbord. EU var villig til å gjennomgå dei økologiske og økonomiske verknadene av og fordelane med å innføre eit forbod.

Oppfølginga av desse tiltaka har og vil fortsatt ha sin naturlege plass i den bilaterale kvoteavtalen med EU.

1998-avtala

Etter to forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 2. desember 1997, ei kvoteavtale for 1998, jf. vedlegg 2.

I medhald av kvoteavtala mellom Noreg og EU for 1995 blei det sett ned ei felles arbeidsgruppe som har evaluert forvaltninga av konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Det føreligg ein rapport frå arbeidsgruppa. Det ser ikkje ut til at forskarane kan seie noko nytt i forhold til det som lenge har vore kjende problemstillingar m.o. t. blanda fiskeri, d.v.s at det i hovedfiskeria for kvitfisk blir teke torsk, hyse og kviting i same fangstane. Forskarane har heller ikkje vore i stand til å identifisere særskilte ungfiskområde som kan stengjast i deler av året, for på denne måten å betre beskatningsmønstret. Det er heller ikkje gitt spesielle råd om korleis utkastnivåa i Nordsjøen kan reduserast gjennom betra seleksjon av fangstane. Noreg og EU er samde om at arbeidsgruppa skal fortsetje sitt arbeid.

Noreg og EU vidarefører også i avtala for 1998 dei fleirårige forvaltningsstrategiane for å byggje opp att bestandane av sild, makrell og raudspette.

Forskarane i ICES har gjennom offisielle tal vist at det blir fiska store mengder ungsild i Nordsjøen. Det er i det heile særs uheldig å fiske ungsild fordi denne silda skal rekruttere til den vaksne, fiskbare delen av sildebestanden (gytebestanden). Fisket av ungsild medverkar til å forsinke veksten i gytebestanden av nordsjøsild.

Problema med manglande kontroll over det totale uttaket av sild har ført til at bestandssituasjonen for nordsjøsild er svekt. I følgje ACFM er gytebestanden framleis under 800.000 tonn. Forskarane viser til at dette er den nedre grensa bestanden kan liggje på dersom ein skal sikre rekruttering til bestanden (MBAL/Minimum Biological Acceptable Level/det biologisk lågaste akseptable nivå) og dermed ei berekraftig utnytting av sildebestanden.

Noreg og EU inngjekk i 1986 ei avtale om delinga av sildebestanden i Nordsjøen. Etter avtala skulle Noreg ha ein del av totalkvoten, som varierte med storleiken på gytebestanden. Di større gytebestanden var, di større kvote skulle Noreg ha. Den norske andelen skulle etter denne avtala variere mellom 25, 29 og 32 % av totalkvoten. Den graderte fordelingsnøkkelen har skapt store problem i forhandlingane m.o.t. kva andel Noreg og EU skulle ha av totalkvoten kvart år. Etter to år med intensivt arbeid for å finne fram til eit nytt forvaltningssystem for nordsjøsilda, er partane no samde om eit nytt forvaltningsregime for silda. Heretter skal Noreg ha ein fast andel på 29 % av totalkvoten. Eit særleg viktig element i regimet er at ungsildfisket no blir redusert og kontrollert. Dette skjer ved at det er fastsett begrensa nivå for fiskedødeligheten i den voksne bestanden av Nordsjøsild og i ungsildkomponenten. Formålet med dette er å sikra eit stabilt og høgt langsiktig utbytte av sildebestanden. Dette regimet blei iverksett 1. januar 1998, jf. undervedlegg I i vedlegg 2.

Eit liknande arbeid for å vurdere forvaltningsregimet for makrell har pågått dei seinaste åra. Dette arbeidet omfattar vurderingar av forvaltningsområde, kontroll og handheving, tekniske reguleringar, deling av bestanden, tilgjenge til fiskeområde og fleksibilitet i fisket, økonomiske faktorar og andre relevante sider ved forvaltningsregimet. På grunnlag av ein slik dokumentasjon skal partane vurdere ulike tiltak for å forbetre forvaltningsregimet for makrell. Partane er samde om å intensivere dette arbeidet slik at dei tiltaka ein blir samde om i makrellfisket kan iverksetjast 1. januar 1999.

Kontroll med uttaket av fisk står sentralt i arbeidet for å få i stand ei betre forvaltning av dei felles fiskebestandane i Nordsjøen. Noreg og EU er derfor i avtala for 1998 samde om ytterlegare å styrkje samarbeidet om kontroll og handheving. Av tiltak er mellom anna utveksling av informasjon om landingar frå den andre parten sine fartøy og frå tredjelands fartøy i deira respektive nasjonale hamner, krav om melding av makrellfangstar før landing blir tillate, landing frå store fartøy skal berre skje i spesielle havner, samt å vurdere eit pilotprosjekt hvor ein kombinerer satelittsporing og observatører ombord i visse fartøy. Det er semje om at partane skal samarbeide for å få etablert eit permanent satelittbasert sporingsystem for fartøy som fiskar i deira soner. Eit system skal iverksetjast pr. 1. januar 1999 og ikkje seinare enn 1. Januar 2000. Partane skal også utveksle observatørar ved kontroll av fisket. For å få eit korrekt bilete av kor mykje som reelt sett blir tatt ut av havet, skal partane i 1998 samarbeide om ei harmonisering av målemetodane for vatninnhald i landingar av pelagiske artar. Det er semje om å invitere Færøyene til å delta i kontrollsamarbeidet.

Noreg har allereie inngått kontrollavtaler med enkelte medlemsland i EU så som Irland, Skottland, Danmark og Sverige.

Følgjande kvotar gjeld i 1998 for fellesbestandane i Nordsjøen (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk140.00014.800125.200
Hyse115.00023.95091.050
Sei97.00050.44046.560
Kviting60.0006.00054.000
Raudspette87.0003.09083.910
Makrell62.45540.40020.190
Sild254.00073.660180.340

For dei felles konsumfiskbestandane i Nordsjøen er det sett kvotar i tråd med havforskaranes rådgjeving. Dette gir ein auke i kvotenivåa for torsk og raudspette samanlikna med 1997. Elles inneber avtala ein reduksjon i totalkvotane for kviting og sei. Noreg har overført mindre kvantum til EU frå dei norske kvotane av torsk, hyse og raudspette. Kvoten for sild er auka frå i 1997. Det er sett ein bifangstkvote for EU på 22.000 tonn sild i EUs fiske etter andre artar i Nordsjøen. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si økonomiske sone i Nordsjøen.

Totalkvoten for makrell er i 1998 sett til 484.615 tonn. 62.455 tonn kan fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 111.350 tonn i norsk økonomisk sone nord om 62 ºN og i internasjonalt farvatn og 310.810 tonn kan takast i EUs jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 151.750 tonn.

Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 1998 (tonn):

FiskeslagKvote til Noreg i EU-sonaKvote til EU i norsk sone
Augepål20.00050.000
Tobis30.000150.000
Kolmule245.0001.000
Blålange1.000
Lange11.000
Brosme5.000
Kombinert kvote1.400
Pigghå600
Brugdelever100
Håbrann200
Reker1001.080
Hestmakrell5.000
Anna5.00011.000

Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane. Samanlikna med i 1997 er det endringar i den norske kolmulekvoten i EU-sona. Kvoten er redusert frå 255.000 tonn i 1997 til 245.000 tonn i 1998. Også kvotane for pigghå, reker og kombinert kvote er noko reduserte samanlikna med i 1997.

EU har følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62º N i 1998 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk27.080
Norsk arktisk hyse2.500
Sei4.000
Uer2.000
Blåkveite (bifangst)100
Anna (bifangst)450

Reduksjonen i torske og hysekvoten frå 1997 til 1998 er ein følgje av bestandssituasjonen for desse artane. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen, har EU sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemmer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. Dette kvantumet er i 1998 på 1.500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70ºN.

Noreg er i 1998 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Sild vest av 4 ºV3.000
Brisling19.000
Blåkveite (EU-sona)1.500
Reker (Grønlands sone)2.500
Blåkveite (Grønlands sone)2.150
Uer (Grønlands sone)1.000
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)1.300
Lodde (Grønlands sone)16.000

Kvotane for reker og kveite ved Grønland er vidareførte frå 1997 til 1998. Dei øvrige kvotane er reduserte som følge av reduksjonen i EU sine kvotar for torsk og hyse i Barenshavet. Inntil 85 % av blåkveitekvoten ved Grønland kan fiskast med trål.

Noreg og EU inngjekk 13. mai 1995 ei lisensavtale. Avtala fastset talet på fartøy frå EU som kan delta i dei ulike fiskeria i NØS. Det er inga avgrensing i talet på norske fartøy som kan tildelast lisens i EUs farvatn. Avtala er vidareført i 1998.

Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalene om fisket i Skagerrak/Kattegat blir inngått på grunnlag av trepartsavtala av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegner av Danmark og Sverige.

Avtala fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark) har tradisjonelt fått tildelt størstedelen av dei enkelte kvotane.

Etter to forhandlingsrundar blei Noreg og EU 26. november 1997 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 1998.

Følgjande kvotar gjeld for 1998 (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk20.00065019.350
Hyse7.0002906.710
Kviting15.20028014.920
Raudspette11.20022010.980
Reker13.1606.1307.030
Sild80.00010.67069.330
Brisling40.0003.00037.000

Totalkvotane for torsk og reker blei i lys av bestandssituasjonen aukt noko frå 1997 til 1998.

Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsatt for Nordsjøen også i Skagerrak.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. I fleire år har det vore eit problem at det blei fiska store mengder ungsild frå Nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 17.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 1998. Ytterlegare begrensningar i ungsildfisket på Nordsjøsild i dette området vil no følgje av det nye silderegimet i Nordsjøen.

Noreg - Færøyane

Dei årlege avtalene mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane blir det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i fisket.

Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 1998 blei inngått i Oslo 10 desember 1997. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona rundt Svalbard.

I NØS nord for 62 ºN har Færøyane i 1998 høve til å fiske 2.600 tonn norsk arktisk torsk, 550 tonn norsk arktisk hyse og 250 tonn andre artar ( uer, sei og blåkveite). Dette inneber ein reduksjon i i torske- og hysekvotane samanlikna med i 1997. Blåkveite og uer kan berre takast som bifangst. Grunna problem med innblanding av sei i torskefisket, har Noreg etter at avtala blei inngått, gitt løyve til å overføre 200 tonn av den tildelte seikvoten sør om 62 ºN til bifangst i torskefisket nord om 62 ºN. Færøyane har i tillegg fått ein kvote 3.950 tonn makrell. Dette er ein auke av makrellkvoten samanlikna med i 1997. Makrellkvoten kan også fiskast i Nordsjøen nord om 57 º 30 ’N. Færøyane er tildelt inntil 1.000 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område.

I dei årlege avtalene mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei årrekkje gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noregs økonomiske sone. I 1998 har Færøyane gjennom denne ordninga fått høve til å fiske 1.500 tonn norsk arktisk torsk, 250 tonn norsk arktisk hyse og 100 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord for 62 ºN.

I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 1.000 tonn kolmule og 500 tonn reker som prøvefiske utanfor 4. n. mil. Dette er ein omfattande reduksjon i kvantumet kolmule samanlikna med 1997.

I Noregs økonomiske sone sør om 62 ºN er Færøyane tildelt 29.000 tonn augepål, tobis, kolmule og brisling. Av dette kan 2.000 tonn vere brisling. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.600 tonn sei og 900 tonn sild. Seikvoten er noko redusert, medan sildekvoten er auka samanlikna med 1997. Desse kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. 200 tonn av seikvoten er som vist ovanfor overført til fiske som bifangst i torskefisket nord om 62 ºN. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 5.000 tonn hestmakrell. Desse kvotane kan også fiskast nord om 62 ºN og er vidareført frå 1997.

Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 1.355 tonn norsk arktisk torsk og inntil 325 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Som følgje av reduksjonen i TAC for torsk er desse kvotane noko reduserte i 1998 samanlikna med 1997.

I Færøyanes økonomiske sone er Noreg for 1998 tildelt ein kvote på 5.100 tonn botnfisk av artane lange, brosme, sei og blålange. Dette er ei tilnærma videreføring samanlikna med i 1997. Innanfor botnfiskkvoten må kvantumet sei ikkje overstige 1.500 tonn. Kvoten på 5.100 tonn botnfisk omfattar 1.200 tonn bifangst av andre artar. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel fiskast med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner.

I færøysk sone er Noreg i tillegg tildelt ein kvote på 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske, 9.600 tonn makrell, 36.000 tonn kolmule og 100 tonn brugdelever. Den norske makrellkvoten i færøysk sone er auka med 600 tonn frå 1997. Noreg kan i tillegg drive eit direkte prøvefiske med garn på 100 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb.

Noreg - Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtaler mellom Noreg og Grønland sidan 1991. Avtala har no fått ein struktur som begge partane er tilfredse med. For norske fiskarar har kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg blåkveite frå EU i grønlandske farvatn. Norske fiskarar utnyttar kvotane på blåkveite fullt ut. For grønlandske fiskarar er kvotetildelinga av norsk arktisk torsk svært viktig. Det har til no ikkje vore noko praktisk interesse for å utnytte den grønlandske konsumfiskkvoten i Nordsjøen.

Etter protokollen av 8. januar 1998 kan grønlandske fiskarar i 1998 ta følgjande kvantum i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord for 62 ºN: 2.620 tonn norsk arktisk torsk, 550 tonn norsk arktisk hyse og samlet inntil 420 tonn andre artar som bifangst: sei, uer og blåkveite

I NØS sør for 62 ºN: 1.000 tonn torsk, hyse, sei og annan botnfisk, av kvoten kan Grønland fiske maksimalt 200 tonn torsk.

Dette er ein reduksjon i kvotane for torsk og hyse nord for 62 ºN samanlikna med i 1997.

I avtala har grønlandske myndigheiter til liks med dei færøyske, forplikta seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som Grønland blir tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

Noreg er tildelt følgjande kvantum i Grønlands sone:

Ved Vestgrønland: 600 tonn blåkveite

Ved Austgrønland: 200 tonn blåkveite, 100 tonn uer (oceansk type) og 400 tonn kveite

Ved Vest- og Austgrønland: 950 tonn torsk

Dette er ein reduksjon i blåkveitekvoten ved Vest- og Austgrønland samanlikna med 1997. Også den norske uerkvoten ved Grønland er redusert i 1998. Reduksjonane skuldast reduksjonane i kvotetildelingane til Grønland i Barentshavet i 1998.

Grønlandske myndigheiter har frå 1. januar 1996 innført forbod mot trålfiske etter blåkveite i grønlandske farvatn. Det er sidan 1996 gjort unntak frå forbodet, slik at Noreg og andre land kan drive eit trålfiske på inntil 85 % av sine blåkveitekvotar med trål. Unntaket gjeld også dei blåkveitekvotane Noreg får av EU i grønlandske farvatn.

Avtala inneheld føresegner om utøvinga av fisket.

Som ein del av avtala kan Grønland i 1998 som i 1997 fiske 1.000 tonn av sin torskekvote tildelt av Russland, i NØS nord for 62 ºN. Dette under føresetnad av at den norske torskekvoten i grønlandske farvatn blir auka med 250 tonn til 1.200 tonn og Grønlands konsumfiskkvote i Nordsjøen blir redusert med 250 tonn til 750 tonn. Arrangementet som vart iverksett frå 31. mars i år, inneber også at den grønlandske bifangsten av andre artar i fisket av norsk arktisk torsk og hyse blir auka til samanlagt 520 tonn sei, uer og blåkveite.

Om loddebestanden ved Island - Grønland - Jan Mayen

Ei trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gongen underteikna 12. juni 1989. Denne rammeavtala om reguleringane i loddefisket er blitt reforhandla to gonger, 25. juni 1992 og 29. juni 1994. Dei mest sentrale elementa i desse avtalene omhandlar kva andelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.

Den siste trepartsavtalen galdt loddesesongane frå og med 1. juli 1994 til og med 30. april 1998. Det var høve til å forlengje avtala med to år av gongen med mindre ein av partane sa ho opp seinast seks månader før utløpet av den opphavlege avtale perioden eller ein tilleggsperiode.

27. oktober 1997 informerte Grønland om at dei sa opp dei delane av gjeldande trepartsavtale som galdt adgangen til å fiske i dei ulike partane sine soner. 30. oktober informerte Island om at dei sa opp avtala.

Partane inngjekk ei ny trepartsavtale om reguleringane i loddefisket ved Grønland, Island og Jan Mayen, i Reykjavik 20. mai. Avtala har ei varigheit på tre år og kan etter dette forlengjast med to år om gongen. Noregs andel er på 8 % av totalkvoten, Island har 81 % og Grønland 11 %.

Avtaler om einsidige fangstkvotar

Noreg - Polen

Tildelingane til Polen omfattar ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noregs økonomiske sone nord for 62 ºN.

Dei polske kvotane er i løpet av åra reduserte i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei. Kvotane i Nordsjøen har til vanleg blitt godt utnytta.

Kvotedrøftingane med Polen blei førte i Bergen 28. - 29. januar 1998. Polske fiskarar kan etter avtala ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 1998:

I NØS nord for 62 ºN: 3.000 tonn kolmule og 100 tonn bifangst av andre artar.

I NØS sør for 62 ºN: 880 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 800 tonn vere sei og maksimum 80 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting.

I fiskerisonen rundt Jan Mayen: 5.000 tonn kolmule

Etter ønskje har Polen i 1998 fått ein samlekvote for konsumfisk i Nordsjøen, med avgrensingar i det totalt tillatne kvantumet av sei innanfor kvoten. Avtala inneber at kvotane er vidareførte frå i 1997.

Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 1998 fiske eit kvantum torsk i Svalbardsona på 2.030 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 654.000 tonn.

Avtala inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen forpliktar seg også til ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsette for bestanden.

Noreg - EU (Sverige)

Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri. Utnyttingsgraden for dei enkelte kvotane er god og det er stor interesse for kvotane av konsumfisk, makrell, reker og sild.

Kvoteavtala om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 1998 blei underskriven av Noreg og EU i Brussel 2. desember 1997.

Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 1998:

I NØS sør for 62 ºN: 490 tonn torsk, 900 tonn hyse, 1.120 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 185 tonn reker, 850 tonn sild, 240 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Avtala inneber kun marginale endringar i kvotane samanlikna med i 1997.

Anna fleirsidig fiskerisamarbeid

NAFO

Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Vidare kan Noreg fiske på ein mindre felleskvote av blåkveite i område 3. Noreg har sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap).

Kartet nedanfor viser NAFOs reguleringsområde.

Figur 3.2 

Figur 3.2

Noreg har i 1998 ein kvote på 185 tonn torsk i underområde 3M. Torskekvoten i 3 M er ikkje blitt fiska dei seinaste åra. Det er forbod mot eit direkte fiske av lodde i NAFO-området. Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert med innsatsbegrensningar (antal fartøy og fiskedøgn). Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn i 1998. Island har som einaste medlem i NAFO reservert seg mot vedtaket.

Det blei med verknad frå 1. januar 1996 iverksett eit toårig pilotprosjekt med 100 % observatørdekning og 35 % dekning med omsyn til satellittsporing ved fiske i NAFOs reguleringsområde. Dette prosjektet skal vidareførast også i 1998. Noreg har innført 100 % satelittovervåking og 100 % observatørdekning i fisket i NAFO.

NEAFC

NEAFC sitt myndigheitsområde er avgrensa til områda utanfor 200-milsonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor dei økonomiske sonene dersom ein medlem ønskjer og støtter at eit reguleringstiltak settes i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar ope hav, er mellom anna kolmule, uer og norsk vårgytande sild.

NEAFC har for 1998 fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn. Dette er same totalkvoten som i 1997.

NEAFC gjorde i 1996 vedtak om begrensningar i uttaket på oceanisk uer i Irmingerhavet. Det er i 1998 sett ein totalkvote i uerfisket på 153.000 tonn. Dette er same kvoten som vart sett for 1997. Russland og Polen har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC. Etter vedtaket i NEAFC har Noreg ein kvote på 6.000 tonn uer i Irmingerhavet i 1998.

NEAFC har gjort vedtak om at fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon, skal avgrensast til 102.000 tonn i 1998. Dette kvantum utgjer ein del av den totalkvoten for norsk vårgytande sild i 1998, som blei vedteken av EU, Færøyene, Island, Noreg og Russland i Oslo 28. oktober 1997, sjå omtale nedanfor. Polen har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC

NEAFC har nedsett ei arbeidsgruppe for kolmule og makrell. Arbeidsgruppa skal evaluere biologisk og anna relevant materiale om dei to bestandane, med sikte på forvaltningstiltak i området utanfor dei økonomiske sonene. Arbeidet med å utarbeide eit felles regime for kontroll og handheving i internasjonalt farvatn fortsett i 1998.

Regulering av norsk vårgytende sild i Nordaust-Atlanteren i 1998

Ei avtale inngått mellom Noreg, Russland, EU, Færøyene og Island vart underskriven i Oslo 28. oktober 1997. Partane fastsette ein totalkvote på 1.302.000 tonn. Dette er ein reduksjon med omlag 200.000 tonn samanlikna med i 1997. Innanfor denne totalkvoten skal fisket til dei fem partane samla avgrensast til 1.300.000 tonn i 1998 fordelt med 109.000 tonn til EU, 273.000 tonn til Færøyane og Island, 741.000 tonn til Noreg og 177.000 tonn til Russland.

I samband med protokollen har Noreg inngått bilaterale avtaler med EU, Færøyane, Island og Russland om løyve til å fiske i deira fiskerisoner:

EU kan fiske 35.000 tonn sild i NØS nord om 62 ºN eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Av dette kvantumet kan inntil 26.000 tonn fiskast i NØS nord om 62 ºN. Noreg kan fiske 9.000 tonn sild i EU-farvatn nord om 62 ºN.

Færøyane kan fiske inntil 32.000 tonn sild av sin kvote i NØS nord om 62 ºN eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Av dette kvantumet kan maksimalt 26.000 tonn fiskast i NØS nord om 62 ºN. Etter avtala kan norske fiskarar fiske 32.000 tonn sild i færøysk sone i 1998.

Island kan fiske 202.000 tonn sild i fiskerisonen ved Jan Mayen eller i NØS nord om 62 ºN. Maksimum 9.000 tonn av dette kvantumet kan fiskast i NØS nord om 62 ºN. Norske fartøy kan fiske 144.000 tonn sild i Islands økonomiske sone.

Russland kan fiske 130.000 tonn sild i NØS nord om 62 ºN og 11.000 tonn i fiskerisona rundt Jan Mayen.

Til forsiden