3 Regjeringa i samarbeid med Sametinget
Sametinget peiker i årsmeldinga si på fleire saker som har med rettane til samane å gjere. Regjeringa har ikkje grunnlag for å kommentere alle desse problemstillingane i denne stortingsmeldinga. Det gjeld spesielt problemstillingar i samband med saksområde som det framleis blir arbeidd med, som m a innstillinga frå Samerettsutvalet og arbeidet i reindriftslovkommisjonen.
Regjeringa ser det likevel som viktig at fjellovspørsmålet og det vidare utgreiingsarbeidet i Samerettsutvalet blir sett i samanheng. Regjeringa legg derfor til grunn at spørsmålet om varige forvaltningsmodellar blir klarlagde med å føre vidare utgreiinga frå Samerettsutvalet om Nordland, Troms og det sørsamiske området.
Posisjonen til Sametinget som premissleverandør for norsk samepolitikk er sterk. Regjeringa vil framleis arbeide for å styrkje Sametinget som den viktigaste aktøren i utviklinga av det samiske samfunnet. Regjeringa vil styrkje stillinga til Sametinget med å føre ein open dialog som skal gi Sametinget større innverknad på generelle samfunnsprosessar, og med at det blir overført avgjerdsmakt til Sametinget i saker som gjeld det samiske folket.
Makta til Sametinget blir stadig utvida ved at Sametinget får overført ansvar for forvaltning av ordningar og tiltak retta mot samiske målgrupper. Sametinget er delegert fullmakt til å fastsetje retningslinjer og forskrifter for dei delegerte ordningane. Frå 1. 1. 2000 blir Sametinget delegert forvaltninga av tilskot til samiske barnehagar, og sekretariatet til Samisk utdanningsråd blir overført til Sametinget. Når Sametinget blir tildelt slik styringsmakt, er det viktig at departementa og Sametinget etablerer gode rutinar for samarbeid og fagleg dialog. Den todelte funksjonen til Sametinget som både folkevalt organ og forvaltningsorgan krev spesiell tilrettelegging og oppfølging. Sametinget som politisk organ er ikkje underordna departementa, og Sametinget -som politisk organ- kan ikkje instruerast eller kontrollerast av regjeringa. Det er likevel viktig at departementa tek det faglege, økonomiske og administrative ansvaret.
Regjeringa legg vekt på å utvikle ein heilskapleg samepolitikk. Det kan ein få til først og fremst med å styrkje samordninga mellom departementa. Det vart i 1998 etablert nye rutinar og prosedyrar for behandling av samiske budsjettsaker. Dei nye rutinane rettar seg både mot samarbeidet med Sametinget, og mot arbeidet i departementa. Dei nye prosedyrane fastset at sektoransvarsprinsippet skal gjelde for arbeidet med samiske spørsmål. Kommunal- og regionaldepartementet har samordningsansvaret og kan ta initiativ andsynes fagdepartementa når det er forsvarleg. Fagdepartementa har ansvar for å ta initiativ og vidareføre samiske saker på sine politikkområde. Departementa har også det overordna fagansvaret på område der Sametinget har fått overført fullmakter/styringsrett.
I samband med statsbudsjettet for 1999 presenterte regjeringa eit eige hefte som omtaler løyvingar til samiske formål. Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å lage eit slikt budsjetthefte for alle budsjetta i framtida.
Statssekretærutvalet for samiske spørsmål blir leidd av statssekretæren i Kommunal- og regionaldepartementet. Statssekretærutvalet drøfter spørsmål som er sentrale for politikkutviklinga på det samepolitiske området. Målsetjinga er å medverke til å leggje rammene for den samepolitiske profilen til Regjeringa for sektorområda til dei ulike departementa. Utvalet har 4-6 møte i året. Statssekretærutvalet har reist to gonger til samiske område i 1998-99. I august 1998 reiste utvalet i Finnmark, og i april 1999 var utvalet i dei sørsamiske områda Hattfjelldal og Snåsa. Målsetjinga med desse reisene er å få brei informasjon om samisk kultur og samfunnsliv, slik at utvalet har god bakgrunn for å behandle dei sakene som blir tekne opp. I samsvar med dei nye budsjettprosedyrane har Statssekretærutvalet i januar 1999 hatt møte med Sametinget som presenterte budsjettforslaget sitt for år 2000.
Samordningsutvalet for samiske spørsmål som vart lagt ned inn til vidare då Statssekretærutvalet vart etablert i januar 1998, vart etablert på nytt våren 1999. I utvalet er det med embetsmenn frå dei same ti departementa som Statssekretærutvalet. Kommunal- og regionaldepartementet leier utvalet. Samordningsutvalet skal førebu og følgje opp saker for Statssekretærutvalet for samiske spørsmål og elles drøfte og informere om aktuelle spørsmål som gjeld det samiske folket på ulike sektorområde.
Arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet på det samepolitiske området vart evaluert av Statskonsult i 1998. Rapporten legg vekt på kor viktig det er med god samordning på det samepolitiske feltet. Regjeringa vil framleis prioritere dette arbeidet.
Urfolks-, minoritets- og innvandringsavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet vart grunnlagd 1. januar 1999. Samepolitisk avdeling og Innvandringsavdelinga gjekk inn i den nye avdelinga. Eit av hovudmåla med å slå saman dei to avdelingane er å styrkje det samepolitiske arbeidet med å tilføre meir ressursar og effektivisere den interne administrasjonen. Urfolks-, minoritets- og innvandringsavdelinga har det overordna ansvaret for å utvikle og samordne norsk politikk i forhold til det samiske folket, i forhold til nasjonale minoritetar og i forhold til flyktningar og innvandrarar. Heile omorganiseringa, medrekna det samepolitiske arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet, skal evaluerast i år 2000.