St.meld. nr. 49 (1998-99)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1999 og fisket etter avtalene i 1997 og 1998

Til innholdsfortegnelse

3 Dei ulike fiskeriavtalene for 1999

I tråd med det avtaleverket som det er gjort greie for i St meld nr 49 (1994-95), fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land. Dei viktigaste forhandlingane er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det blir også ført forhandlingar med EU, på vegner av Danmark og Sverige, om reguleringstiltaka i Skagerrak og Kattegat. I tillegg fører Noreg forhandlingar med Polen og EU (på vegner av Sverige), og trepartsdrøftingar med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Noreg tek óg del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriorganisasjonane NAFO og NEAFC. Sidan 1996 er det ført forhandlingar om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild.

Som medlem i CCAMLR er Noreg representert på organisasjonen sine møter. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonane ICCAT og SEAFO.

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES (International Council for the Exploration of the Sea). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og nasjonalstatane langsmed Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM (Advisory Committee on Fisheries Management). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årleg råd om fangstmengd for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Fiskeridepartementet utnemner forhandlingsdelegasjonar med representantar frå Fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Utenriksdepartementet, Norges Fiskarlag og enkelte andre berørte organisasjonar i fiskerinæringa som Norsk Sjømannsforbund og Fiskerinæringens Landsforening.

Før dei årlege forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeridepartementet konsultasjonar med dei berørte organisasjonane og institusjonane i næringa. På desse møta blir det gjort greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa blir drøfta. Her blir grunnlaget lagt for kva som skal vere instruksen for forhandlingsdelegasjonen. Denne instruksen blir endeleg klarert av fiskeriministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalene for 1999

Avtaler om gjensidige fangstkvotar

Noreg - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det mogleg å fiske torsk også i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet (norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse). Partane avtaler også fordelinga av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i den andre parten si sone. Også lodda er en fellesbestand mellom Noreg og Russland. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtala mellom Noreg og Russland blei underskriven i Tromsø 14. november 1998, jf. vedlegg 1: protokoll frå den 27. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen.

For 1999 har Noreg og Russland fastsett ein TAC for norsk arktisk torsk på 480.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk. I tillegg kjem 40.000 tonn norsk kysttorsk. Dette er ein reduksjon samanlikna med 1998 då totalkvoten var på 654.000 tonn. Det er avsett ein kvote til tredjeland på 59.000 tonn. Av dette kan 19.200 tonn fiskast i Svalbardområdet. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 23.900 tonn til NØS og 15.900 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg i 1999. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 236.500 tonn, medrekna dei 40.000 tonna norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 224.500 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 78.000 tonn. Dette er ein reduksjon frå 130.000 tonn i 1998. Av denne er det avsett ein kvote til tredjeland på 4.000 tonn, som er delt med 2.400 tonn til NØS og 1.600 tonn til RØS. Russland har overført 4.000 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 1999. Etter overføring er den norske kvoten på 41.000 tonn og den russiske på 33.000 tonn.

For å sikre ei optimal utnytting av torske- og hysebestandane nord for 62° N slik at ein unngår å fiske ungfisk, har Noreg tradisjonelt gitt Russland adgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland for 1999 samde om lik adgang til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 1999 kan såleis Russland fiske 150.000 tonn torsk og 25.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone. Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

Det har ikkje vore fiska lodde i Barentshavet sidan vinteren 1993. I følgje Det internasjonale havforskningsrådet er loddebestanden innanfor sikre biologiske grenser. Det ble i lys av dette fastsett ein kvote på 80.000 tonn for 1999 for eit eksperimentelt fiske. Den norske andelen er på 48.000 tonn og skal gå til konsum. Den russiske kvoten er på 32.000 tonn.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 1999, er Russland tildelt ein kvote på 2.000 tonn snabeluer (Sebastes mentella) for eit direkte fiske. Det er forbod mot eit direkte fiske av uer nord om 70° N. Russland har likevel adgang til eit direkte fiske som ledd i ei vitskapleg kartlegging av uerbestanden. Vidare har Russland ein kvote på 1.500 tonn samla av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer (sebastes mentella) som uunngåeleg bifangst, 2.500 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske og som bifangst. I tillegg kan Russland drive eit prøvefiske avgrensa til 750 tonn reker i fiskerisona ved Jan Mayen og dessutan 50.000 tonn kolmule i same sona og i eit nærmare avgrensa område i Noregs økonomiske sone. Dette er dei same kvotane som for 1998.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland vidareføre forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 1999. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskapar, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 1999.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 1999, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit, 1.000 tonn flyndre og 500 tonn andre bestandar. I tillegg tillét Russland at Noreg driv eit forsøksfiske etter haneskjell i russisk sone, på vilkår som skal drøftast nærmare.

Russland kan fiske 3.000 tonn bifangst av bestandar som ikkje er kvoteregulerte i Noregs økonomiske sone. Noreg kan fiske 1.500 tonn steinbit og 1.000 tonn flyndre i et direkte fiske og som bifangst, samt 500 tonn ikkje kvoteregulerte bestandar som bifangst i russisk sone.

På slutten av 60-talet sette Russland, på eksperimentelt grunnlag, ut kongekrabbe (Paralithodes camtchatica) i Barentshavet. Krabben kjem opphavleg frå Okhotskhavet. Etter utsetjinga har krabbebestanden auka og sidan 1979 har ein funne kongekrabbe også i norske farvatn. På møte i Den blanda fiskerikommisjonen blei det gjort vedtak om å vidareføre forbodet mot kommersielt fiske etter kongekrabbe. Som ledd i det pågåande forskingssamarbeidet på bestanden, kan partane ta 37.500 eksemplar kvar hausten 1999/vinteren 2000. Forvaltninga av kongekrabbe, inklusive omfanget på forskningsfangsten, skal drøftast i eit særskilt møte i 1999.

Innanfor ramma av fiskerikommisjonen blir det kvart år nedsett ei felles arbeidsgruppe for å drøfte reguleringstiltak for selfangsten. Russland kan fange 2.500 vaksne dyr av grønlandssel og 2.800 vaksne dyr av klappmyss i Vesterisen. Noreg kan ta ein kvote i Austisen på 5.000 grønlandssel medrekna årsungar. Det er ikkje venta at Russland tar sin selkvote i Vesterisen. Kvoten tilfell då Noreg.

Innanfor ramma av Den blanda fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 blei partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 blei dei samde om å sette ned eit Permanent utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa si kystvakt og kontrollmyndigheiter, medrekna utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata. Samarbeidet i Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål skal vidareførast i 1999.

Partane er også samde om at når dei inngår kvoteavtaler med tredjeland, skal desse landa forplikte seg til å avgrense sitt fiske til dei kvotar som er tildelt av kyststatane, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs eller Russlands fiskerijurisdiksjonsområde. Det skal også i 1999 gjennomførast ein aktiv kontroll med tredjeland sitt fiske i Barentshavet, slik at fisket blir stansa når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Det permanente utval utarbeidde i 1997 forslag til ein felles norsk - russisk instruks for å utføre målingar etter den felles metodikk for måling og berekning av omrekningsfaktorar. Partane var samde om å nytte denne instruksen ved fastsetjing av omrekningsfaktorar. Det var semje om å bruke felles omrekningsfaktorar for torsk og hyse. Det permanente utval fekk i oppgåve å arbeide vidare med omrekningsfatorar.

Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalene

På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtaler om Noregs og EUs fiske i Nordsjøen, Barentshavet og vest av Dei britiske øyane. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig tilgjenge til den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengd for desse bestandane. Det har frå 1978 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtala er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane. Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av eit tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

Utfordringar i fiskerisamarbeidet

Noreg og EU har i løpet av dei siste tjue åra hatt eit nært samarbeid om ressursforvaltning. Arbeidet har gitt resultat, men det er framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga. Dette ser vi til dømes for konsumfiskbestandane i Nordsjøen, der fiskeinnsatsen har vore for høg i høve til bestandsgrunnlaget. Det er også eit problem at Noreg og EU forvaltar desse bestandane ulikt. Noreg har forbod mot utkast av fisk i NØS, mens EU i si sone pålegg fiskarane å kaste ut fisk som anten er under minstemålet, er fiska i strid med gjeldande bifangstreglar, eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Viktige fiskebestandar som torsk, hyse, sei og kviting har over dei siste tjuefem til tretti åra blitt sterkt utnytta. Så mykje som 60 % av den enkelte bestanden blir fiska opp kvart år. Dette gjer utviklinga og veksten i bestandane særleg avhengig av rekruttering. Gjennom ei meir forsiktig beskatning, der ein auke i rekrutteringa til bestandane ikkje blir tatt ut i form av auka totalkvotar, har Noreg og EU dei siste åra starta arbeidet med å byggje opp att sentrale konsumfiskbestandar. Det er no registrert ein viss reduksjon i fiskedødelegheitsnivåa for torsk og sei i Nordsjøen, og det er også tekn på vekst i sild- og makrellbestandane. Likevel gjenstår det mykje arbeid med å byggje opp att dei bestandane Noreg forvaltar i samarbeid med EU i Nordsjøen.

Fiskerisamarbeidet med EU er både omfattande og komplisert og derfor ikkje alltid konfliktlaust. Det er no særleg på eit område at Noreg og EU prioriterer innsatsen. Dette gjeld makrell.

Makrellbestanden er den einaste som ikkje er endeleg fordelt mellom Noreg og EU etter vanleg mønster for dei fellesbestandane som blir regulerte i det tosidige avtaleverket. Det blir derfor inngått årlege ad hoc-ordningar, der Noreg i dag har drøye 31 % av totalkvoten for makrell.

Norske fiskarar meiner Noreg har krav på ein mykje høgare del av makrellbestanden enn 31 %. Dette har samanhang med endringar i utbreiinga av makrellen, med ei meir nordleg og austleg utbreiing, slik at mykje av den fiskbare delen av makrellen oppheld seg i ein lengre del av året i Noregs økonomiske sone. Arbeidet med deling av makrellen mellom partane og med eit nytt forvaltningsregime, er derfor eit høgt prioritert område i fiskerisamarbeidet med EU.

Arbeidet framover

Noreg er både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen i Bergen i mars 1997, i ein prosess med EU i spørsmålet om dei langsiktige tiltaka i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess - frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene om behovet for å endre beskatningsmønstret i Nordsjøen - til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Dei store endringane må difor kome i dei meir langsiktige prosessane som Noreg og EU allereie har starta og som Noreg er ein pådrivar for i dei årlege kvoteforhandlingane.

Det er innanfor ramma av den bilaterale fiskeriavtala at Noreg og EU kan treffe dei tiltaka som må til for å gjenopprette balansen i Nordsjøen. Samstundes er det viktig ikkje å tape av syne at dei tiltaka som skal gjelde for fellesbestandane i Nordsjøen berre kan få gjennomslag når det er semje om dei mellom Noreg og EU. EU sine reguleringar i småsildfisket som blei iverksett i 1996 og som seinare er vidareførte, må ein kunne ta til inntekt for at det er politisk vilje til endringar i gamle forvaltningsmønster.

I dei meir langsiktige prosessane må ein fokusere på dei ulike fisketeknikkane som blir brukte, på behovet for meir selektiv reiskap og på berekraftige forvaltningsstrategiar. Uttaket av fisk må skje på ein måte som gjer at vi tar opp den store fisken og lar småfisken unnsleppe, for å vekse seg større.

I ein rapport som blei utarbeidd i tilknytning til Nordsjøkonferansen i Bergen blir det peikt på at når det til dømes gjeld torsk, har det ikkje vore store avvik mellom rådgjevinga til havforskarane, dei anbefalte kvotane, dei fastsette kvotane og dei rapporterte landingane. Likevel har den faktiske fiskedødelegheita vore mykje høgare enn forutsett. Årsaka til dette er feilrapporterte eller urapporterte fangstar og landingar og utkast av fisk. Dette tyder på at det også må iverksetjast effektive kontolltiltak slik at regelverket blir følgt og fangstmeldingane blir korrekte.

Utkast av fisk utgjer eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte i samanhang med at ein tar opp fisk som det ikkje er att kvote på, fisken er under gjeldande minstemål eller han er fiska i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å få tilstrekkeleg med verdifull fisk («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev gjeldande forvaltningstiltak. Denne fisken blir ikkje ein del av fangststatistikken sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Som vist til over praktiserer EU utkastpåbod. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit stort avvik mellom registrert fiskedødelegheit og faktisk dødelegheit.

På ministerkonferansen i Bergen var det semje om at det viktigaste styrande elementet i forvaltninga skal vere prinsippet om berekraft basert på den best tilgjengelege vitskap og rådgjeving. For å hindre at fiskebestandane kommer i ein alvorleg situasjon, må det setjast minste felles nivå (minimum target levels) for dei ulike bestandane. Dette inneber at forvaltarane må be om råd frå havforskarane i forhold til ei tryggleikssone som ligg over det biologisk lågaste akseptable nivå. Det internasjonale havforskningsrådet fekk i oppgåve å gje nærmare råd i forhold til føre vàr-prinsippet. Dette blei første gongen lagt til grunn for den rådgjevinga Havforskningsrådet ga for forvaltninga av dei ulike fiskebestandane i 1999.

På ministerkonferansen var det semje om behovet for liknande kontrolltiltak som dei Noreg og EU allereie er samde om i den bilaterale kvoteavtala: skjerpa kontroll og overvåking av ressursuttaket i Nordsjøen, utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og å innføre satellittovervaking. Ei anna viktig målsetting er å harmonisere dei tekniske fiskerireguleringane og kontrollføresegnene. Når det gjeld utkastproblematikken blei det oppnådd prinsipiell semje om at eit utkastforbod er eitt mogleg tiltak i forvaltninga. Eit heilt naudsynt første skritt for å rette på situasjonen i Nordsjøen, er å få betre oversikt over dei mengdene fisk som blir kasta overbord. EU var villig til å gjennomgå dei økologiske og økonomiske verknadene av og fordelane med å innføre eit forbod.

Oppfølginga av desse tiltaka har og vil fortsatt ha sin naturlege plass i den bilaterale kvoteavtala med EU.

1999-avtala

Etter to forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 1. desember 1998, ei kvoteavtale for 1999, jf. vedlegg 2.

Noreg og EU har i fleire år forvalta makrell, raudspette og sild etter fleirårige forvaltningsstrategiar. Desse gjeld også i 1999. Reguleringstiltaka har vist seg å vere vellykte og bestandane er under gjenoppbygging. Det var under forhandlingane om årets avtale semje om at det skal utarbeidast fleirårige forvaltningsstrategiar baserte på føre var prinsippet for makrell og bunnfiskbestandane (raudspette, torsk, hyse, kviting og sei) i Nordsjøen. Det skal nedsettjast ei arbeidsgruppe som skal kome med forslag til forvaltningsstrategiar for kvitfisk og makrell i god tid før kvoteforhandlingane om ei avtale for 2000.

Forskarane i ICES har gjennom offisielle tal vist at det over tid blei fiska store mengder ungsild i Nordsjøen. Det er i det heile særs uheldig å fiske ungsild fordi denne silda skal rekruttere til den vaksne, fiskbare delen av sildebestanden (gytebestanden). Fisket av ungsild medverkar til å forsinke veksten i gytebestanden av nordsjøsild.

Noreg og EU blei etter to år med intensivt arbeid for å finne fram til eit nytt forvaltningssystem for nordsjøsilda, samde om eit nytt regime som blei iverksett med verknad frå 1. januar 1998, jf. undervedlegg I i vedlegg 2. Dette løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU. Noreg har etter avtala ein fast andel på 29 % av totalkvoten for sild i Nordsjøen. Eit særleg viktig element i regimet er at ungsildfisket no blir redusert og kontrollert. Dette skjer ved at det er fastsett spesifikke nivå for fiskedødelegheita i den vaksne komponenten av nordsjøsild og i ungsildkomponenten. Formålet med dette er å sikra eit stabilt og høgt langsiktig utbytte av sildebestanden.

Eit liknande arbeid for å vurdere forvaltningsregimet for makrell har pågått dei seinaste åra. Dette arbeidet omfattar vurderingar av forvaltningsområde, kontroll og handheving, tekniske reguleringar, deling av bestanden, tilgjenge til fiskeområde og fleksibilitet i fisket, økonomiske faktorar og andre relevante sider ved forvaltningsregimet. På grunnlag av ein slik dokumentasjon skal partane vurdere ulike tiltak for å forbetre forvaltningsregimet for makrell. Under forhandlingane om kvoteavtala for 1999, var man samde om at dette arbeidet skal intensiverast. Partane skal initiere interne og bilaterale prosessar for å få iverksett eit forbetra, omfattande og rasjonelt forvaltningssystem for makrellen. I denne prosessen skal man også samarbeide med andre relevante partar, som eksempelvis Færøyane. Det er målet å iverksetje eit nytt regime frå og med 1. januar 2000.

Kontroll med uttaket av fisk står sentralt i arbeidet for å få i stand ei betre forvaltning av dei felles fiskebestandane i Nordsjøen. Noreg og EU er derfor i avtala for 1999 samde om ytterlegare å styrkje samarbeidet om kontroll og handheving. Av tiltak er mellom anna utveksling av informasjon om landingar frå den andre parten sine fartøy og frå tredjelands fartøy i deira respektive nasjonale hamner, krav om melding av makrellfangstar før landing blir tillate, landing frå store fartøy skal berre skje i spesielle havner, samt å vurdere eit pilotprosjekt hvor ein kombinerer satelittsporing og observatører ombord i visse fartøy. Det er semje om at partane skal etablere eit permanent satelittbasert sporingsystem for fartøy som fiskar i deira soner pr. 1. januar 2000. Partane skal også utveksle observatørar ved kontroll av fisket. For å få eit korrekt bilete av kor mykje som reelt sett blir tatt ut av havet, skal partane i 1999 samarbeide vidare om ei harmonisering av målemetodane for vatninnhald i landingar av pelagiske artar. Også Færøyane skal delta i kontrollsamarbeidet.

Noreg har allereie inngått kontrollavtaler med enkelte medlemsland i EU så som Danmark, Irland, Nederland, Skottland og Sverige. Ei kontrollavtale med Storbritannia blei inngått i februar 1999. Denne avtala erstattar og utfyller kontrollavtalen mellom Noreg og Skottland som blei inngått i 1994. Ut over dette har Noreg inngått kontrollavtaler med Canada og Færøyane.

Følgjande kvotar gjeld i 1999 for fellesbestandane i Nordsjøen (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk132.40012.510119.890
Hyse88.55014.87073.680
Sei110.00057.20052.800
Kviting44.0004.40039.600
Raudspette102.0003.37598.625
Makrell62.45540.40020.190
Sild265.00076.850188.150

Avtala inneber ein auke i kvotenivåa for sei, raudspette og sild samanlikna med 1998. Elles inneber avtala ein reduksjon i totalkvotane. Noreg har overført mindre kvantum til EU frå dei norske kvotane av torsk, hyse og raudspette. Det er sett ein bifangstkvote på 30.000 tonn sild i EUs fiske etter andre artar i Nordsjøen i 1999. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si økonomiske sone i Nordsjøen.

Totalkvoten for makrell er i 1999 sett til 484.615 tonn. 62.455 tonn kan fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 111.350 tonn i norsk økonomisk sone nord om 62° N og i internasjonalt farvatn og 310.810 tonn kan takast i EUs jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 151.750 tonn.

Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 1999: (tonn):

FiskeslagKvote til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål20.00050.000
Tobis30.000150.000
Kolmule235.0001.000
Blålange1.000
Lange11.000
Brosme5.000
Kombinert kvote1.000
Pigghå600
Brugdelever100
Håbrann200
Reker1001.080
Hestmakrell2.000
Anna5.00011.000

Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane. Samanlikna med i 1998 er det endringar i den norske kolmulekvoten i EU-sona. Kvoten er redusert med 10.000 tonn frå i fjor. Også kvoten for hestmakrell og den kombinerte kvoten er noko redusert samanlikna med i 1998.

EU har følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62° N i 1999 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk19.870
Norsk arktisk hyse1.700
Sei3.100
Uer2.000
Blåkveite (bifangst)100
Anna (bifangst)450

Den relativt kraftige reduksjonen i torsk- og hysekvoten frå 1998 til 1999 er ein følgje av bestandssituasjonen for desse artane. Også EU sin kvote for sei er redusert frå i 1998. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen, har EU sidan 1986 då Portugal og Spania vart medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. Dette kvantumet er i 1999 på 1.500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70° N.

Noreg er i 1999 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Sild vest av 4° V2.400
Brisling19.000
Blåkveite (EU-sona)1.055
Reker (Grønlands sone)2.500
Blåkveite (Grønlands sone)2.050
Uer (Grønlands sone)1.000
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)1.120
Lodde (Grønlands sone)10.000

Kvotane for brisling, reker, uer og kveite ved Grønland er uendra frå 1998 til 1999. Dei øvrige kvotane er reduserte som følge av reduksjonen i EU sine kvotar for torsk, hyse og sei i Barenshavet. Inntil 85 % av blåkveitekvoten ved Grønland kan fiskast med trål.

Noreg og EU inngjekk 13. mai 1995 ei lisensavtale. Avtala fastset talet på fartøy frå EU som kan delta i dei ulike fiskeria i NØS. Det er inga avgrensing i talet på norske fartøy som kan tildelast lisens i EUs farvatn. Avtala er vidareført i 1999.

Noreg - Færøyane

Dei årlege avtalene mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane blir det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i fisket.

Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 1999 blei inngått i Tórshavn 3. desember 1998. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona rundt Svalbard.

I NØS nord om 62° N har Færøyane i 1999 høve til å fiske 2.000 tonn norsk arktisk torsk, 350 tonn norsk arktisk hyse og 200 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite). Dette inneber ein reduksjon i i torske- og hysekvotane samanlikna med i 1998. Hyse, blåkveite og uer kan berre takast som bifangst. Grunna problem med innblanding av sei i torskefisket, har Noreg etter at avtala blei inngått, gitt løyve til å overføre delar av den færøyske seikvoten sør om 62° N til bifangst i torskefisket nord om 62° N. Færøyane har i tillegg fått ein kvote på 3.950 tonn makrell. Dette er ei vidareføring av makrellkvoten frå 1998. Makrellkvoten kan også fiskast i Nordsjøen nord om 57° 30' N. Færøyane er tildelt inntil 4.000 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Dette er ein auke frå 1998.

I dei årlege avtalene mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noregs økonomiske sone. I 1999 har Færøyane gjennom denne ordninga høve til å fiske 4.000 tonn norsk arktisk torsk, 600 tonn norsk arktisk hyse og 250 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord om 62° N.

I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelte av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 1.000 tonn kolmule og 200 tonn reker som prøvefiske utanfor 4. n. mil. For reker er dette meir enn ei halvering av kvoten samanlikna med 1998.

I Noregs økonomiske sone sør om 62° N er Færøyane tildelt 29.000 tonn augepål, tobis, kolmule og brisling. Av dette kan 2.000 tonn vere brisling. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.800 tonn sei og 1.200 tonn sild. Begge desse kvotane er auka samanlikna med 1998. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Delar av seikvoten er som vist ovanfor overført til fiske som bifangst i torskefisket nord om 62° N. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 6.000 tonn hestmakrell. Desse kvotane kan også fiskast nord om 62° N. Hestmakrellkvoten er auka med 1.000 tonn samanlikna med 1998.

Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 994 tonn norsk arktisk torsk og inntil 239 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Som følgje av reduksjonen i TAC for torsk er desse kvotane noko reduserte i 1999 samanlikna med 1998.

I Færøyanes økonomiske sone er Noreg for 1999 tildelt ein kvote på 5.000 tonn botnfisk av artane lange, brosme, sei og blålange. Dette er ein mindre reduksjon samanlikna med i 1998. Innanfor botnfiskkvoten må kvantumet sei ikkje overstige 1.000 tonn. Kvoten på 5.000 tonn botnfisk omfattar 1.200 tonn bifangst av andre artar. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel fiskast med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner.

I færøysk sone er Noreg i tillegg tildelt ein kvote på 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske, 9.600 tonn makrell, 39.000 tonn kolmule og 100 tonn brugdelever. Den norske makrellkvoten i færøysk sone er vidareført frå 1998. Noreg kan i tillegg drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb. Eit nytt kvoteelement blei tatt inn i avtala for 1999. Dette galt ein kvote på 2.500 tonn hestmakrell.

Noreg - Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtaler mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg blåkveite frå EU i grønlandske farvatn. Norske fiskarar utnyttar kvotane på blåkveite godt. For grønlandske fiskarar er kvotetildelinga av norsk arktisk torsk svært viktig. Det har til no ikkje vore noko interesse for å utnytte den grønlandske konsumfiskkvoten i Nordsjøen.

Etter protokollen av 29. januar 1999 kan grønlandske fiskarar i 1999 ta følgjande kvantum i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62° N: 2.030 tonn norsk arktisk torsk, 350 tonn norsk arktisk hyse, 700 tonn sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite)

I NØS sør om 62° N: 1.000 tonn torsk, hyse, sei og annan botnfisk. Av denne kvoten kan Grønland fiske maksimalt 200 tonn torsk.

Dette er ein reduksjon i kvotane for torsk og hyse nord om 62° N samanlikna med i 1998. Eit nytt kvoteelement i 1999 er kvoten på 700 tonn sei nord om 62° N. Kvoten kan nyttast til eit direkte fiske og til bifangst av sei i Grønlands samla torskefiske i norsk sone i Barentshavet.

Som ein del av avtala kan Grønland som ei prøveordning fiske delar av dei torsk- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland, i Noregs økonomiske sone nord om 62 ° N. Dette under føresetnad av at Russland aksepterer ei slik ordning.

I avtala har grønlandske myndigheiter til liks med dei færøyske, forplikta seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som Grønland blir tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

Noreg er tildelt følgjande kvantum i Grønlands sone:

  • Ved Vestgrønland: 600 tonn blåkveite

  • Ved Austgrønland: 200 tonn blåkveite, 100 tonn uer (oceansk type) og 400 tonn kveite

  • Ved Vest- og Austgrønland: 950 tonn torsk

Dette er ei vidareføring av kvotenivåa frå 1998 på trass av at dei grønlandske kvotane av torsk og hyse i Barentshavet er reduserte som konsekvens av reduksjonane i totalkvotane for desse artane.

Grønlandske myndigheiter har frå 1. januar 1996 innført forbod mot trålfiske etter blåkveite i grønlandske farvatn. Det er sidan 1996 gjort unntak frå forbodet, slik at Noreg og andre land kan drive eit trålfiske på inntil 85 % av sine blåkveitekvotar med trål. Unntaket gjeld også dei blåkveitekvotane Noreg får av EU i grønlandske farvatn.

Avtala inneheld føresegner om utøvinga av fisket.

Noreg - Island

5. mars 1999 blei det i form av ei erklæring underskriven ei avtale om samarbeid på fiskeriområdet mellom Noreg, Island og Russland. Denne avtala har som føresetnad at det skal skrivast under bilaterale protokollar om byte av fiskerettar mellom Noreg - Island og Russland - Island. Etter trepartsavtala er Island forplikta til ikkje å krevje nye torskekvotar og til å avstå frå å fiske lodde i Barentshavet. Partane skal også søke å hindre utflagging av fiskefartøy med sikte på å omgå avtala. Leveringar av fangstar frå uregulerte fiskeri og anløp i hamn av fartøy som fiskar uregulert, blir heller ikkje tillete.

Det blei 13. april 1999 underskriven bilaterale protokollar mellom Noreg og Island og Island og Russland. Protokollen mellom Noreg og Island inneber at Island får ein torskekvote i 1999 på 4.450 tonn i norsk økonomisk sone nord om 62° N. Island får same kvantumet torsk i russisk sone. I tillegg til kvantumet på 4.450 tonn torsk i NØS nord om 62° N, kommer normal bifangst. Den islandske torskekvoten i Barentshavet vil i åra framover bli justert i forhold til utviklinga i totalkvoten for torsk fastsett av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Som ei motyting får Noreg i 1999 adgang til linefiske etter brosme, lange og blålange med ein kvote på 625 tonn bunnfisk (500 tonn pluss bifangst) samt 17.000 tonn lodde ved Island. Loddekvoten til Noreg vil bli justert i forhold til den islandske kvoten av torsk. Utvekslinga av fiskekvotar bortfell dersom TAC for torsk i Barentshavet fell under 350.000 tonn.

Avtala og protokollane skal tre i kraft så snart dei er ratifiserte av dei tre landa. Den trilaterale avtala og dei bilaterale protokollane skal vere gyldige i fire år. Dersom ingen av partane velg å seie opp avtalene, blir dei automatisk forlenga for nye periodar på fire år.

Avtaler som fastset totalkvotar med fast fordeling av kvotane

Om loddebestanden ved Island - Grønland - Jan Mayen

Ei trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gongen underskriven 12. juni 1989. Denne rammeavtala om reguleringane i loddefisket er blitt reforhandla tre gonger, 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalene omhandlar kva andelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.

Siste trepartsavtala har ei varigheit på tre år og kan etter dette forlengjast med to år om gongen. Noregs andel er på 8 % av totalkvoten, Island har 81 % og Grønland 11 %. Noreg kan fritt fiske lodde i grønlandske farvatn. I Island si økonomiske sone kan norske fiskarar ta inntil 35 % av den norske kvoten.

Den endelege totalkvoten blei satt til 1.200.000 tonn loddesesongen 1998/1999.

Noreg har ein kvote på 112.000 tonn lodde, inkludert 16.000 tonn tildelt av EU for kalendaråret 1998.

Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalene om fisket i Skagerrak/Kattegat blir inngått på grunnlag av trepartsavtala av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegner av Danmark og Sverige.

Avtala fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark) har tradisjonelt fått tildelt størstedelen av dei enkelte kvotane.

Etter to forhandlingsrundar blei Noreg og EU 26. november 1998 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 1999.

Følgjande kvotar gjeld for 1999 (tonn):

FiskeslagTACKvote til NoregKvote til EU
Torsk19.00062018.380
Hyse5.4002255.175
Kviting8.0001457.855
Raudspette11.20022010.980
Reker13.1606.1307.030
Sild80.00010.67069.330
Brisling50.0003.75046.250

Totalkvotane for torsk og hyse er noko reduserte frå i fjor. Kvoten for kviting er omlag halvert samanlikna med i 1998, mens brislingkvoten er auka med 10.000 tonn.

Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsatt for Nordsjøen også i Skagerrak. Etter same avtala kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak i 1999.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. I fleire år har det vore eit problem at det blei fiska store mengder ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 19.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 1999.

Avtaler om einsidige fangstkvotar

Noreg - Polen

Tildelingane til Polen omfattar ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noregs økonomiske sone nord om 62° N. Dei polske kvotane er i løpet av åra reduserte i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei. Kvotane i Nordsjøen har til vanleg blitt godt utnytta.

Kvoteavtala med Polen blei underskriven i Stettin 16. februar 1999. Polske fiskarar kan etter avtala ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 1999:

I NØS nord om 62° N: 3.000 tonn kolmule og 100 tonn bifangst av andre artar.

I NØS sør om 62° N: 950 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 865 tonn utgjere sei og maksimum 85 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting. I fiskerisonen rundt Jan Mayen: 5.000 tonn kolmule

Samlevoten i Nordsjøen er auka noko som resultat av at totalkvoten for sei i Nordsjøen blei auka i 1999 samanlikna med i 1998.

Avtala inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen forpliktar seg også til ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsett for bestanden.

Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 1998 fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1.490 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 480.000 tonn.

Denne tildelinga til Polen går utanom kvoteavtala og fisket reguleres etter ei årleg norsk forskrift om regulering av torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard.

Noreg - EU (Sverige)

Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri. Utnyttingsgraden for dei enkelte kvotane er god og det er stor interesse for kvotane av konsumfisk, makrell, reker og sild.

Kvoteavtala om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 1999 blei underskriven av Noreg og EU i Brussel 1. desember 1998.

Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 1999:

I NØS sør for 62 ° N: 540 tonn torsk, 750 tonn hyse, 1.100 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting , 185 tonn reker, 850 tonn sild, 240 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Avtala inneber kun marginale endringar i kvotane samanlikna med i 1998. Det er en mindre auke i torskekvoten, medan kvotane for hyse og sei er noko reduserte.

Anna fleirsidig fiskerisamarbeid

NAFO

Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Vidare kan Noreg fiske på ein mindre felleskvote av blåkveite i område 3. Noreg har sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap).

Figur 3.2 viser NAFOs reguleringsområde.

Figur 3.2 NAFOs reguleringsområde

Figur 3.2 NAFOs reguleringsområde

Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk i 3 M er det sett forbod mot direkte fiske av torsk i 1999. Det er også forbod mot eit direkte fiske av lodde i NAFO-området. Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert med innsatsbegrensningar (antal fartøy og fiskedøgn). Island har som einaste medlem i NAFO reservert seg mot vedtaket og har i 1999 sett ein autonom kvote på 9.200 tonn.

Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn i 1999. 32 norske fartøy kan delta.

Det blei med verknad frå 1. januar 1996 sett krav om 100 % observatørdekning ved fiske i NAFOs reguleringsområde. Vidare vart det igangsett eit pilotprosjekt med krav om 35 % dekning med omsyn til satellittsporing ved fiske i NAFOs reguleringsområde. Noreg har kravd 100 % observatørdekning og 100 % satelittsporing på sine fartøy. På NAFOs årsmøte i 1998 blei det gjort vedtak om at det skal krevjast 100 % satelittovervaking og 100 % observatørdekning i fisket i NAFOs reguleringsområde, seinast innan 1. januar 2001.

Det ble i 1998 sett i gong arbeid i ulike arbeidsgrupper i NAFO. Desse gruppene har arbeidd med spørsmål i tilknytning til prinsipp for kvotefordeling og charter, føre var prinsippet, openheit/observatørstatus og tvisteløysingsmekanismar (norsk formannskap). Dette arbeidet skal halde fram også i 1999.

NEAFC

NEAFC sitt myndigheitsområde er avgrensa til områda utanfor 200-milsonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor dei økonomiske sonene dersom ein medlem ønskjer og støttar at eit reguleringstiltak settes i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar opne hav, er mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

NEAFC har for 1999 fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn. Dette er same totalkvoten som i 1998.

NEAFC gjorde i 1996 vedtak om begrensingar i uttaket på oceanisk uer i Irmingerhavet. Det er i 1999 sett ein totalkvote i uerfisket på 153.000 tonn. Dette er same kvoten som vart sett for 1998. Russland og Polen har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC. Etter vedtaket i NEAFC har Noreg ein kvote på 6.000 tonn uer i Irmingerhavet i 1999.

NEAFC har gjort vedtak om at fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon, skal avgrensast til 102.000 tonn i 1999. Kvoten er sammensett av dei kvotane kyststatane kan fiske i Smotthavet av eigne kvotar i sine jurisdiksjonsområde, pluss ein kvote på 2.000 tonn til Polen. Kvantumet på 102.000 tonn utgjer ein del av den totalkvoten for norsk vårgytande sild i 1999, som blei vedteken av EU, Færøyene, Island, Noreg og Russland i Reykjavik 7. oktober 1998, sjå omtale nedanfor.

NEAFC har nedsett ei arbeidsgruppe for kolmule og makrell. Arbeidsgruppa skal evaluere biologisk og anna relevant materiale om dei to bestandane, med sikte på forvaltningstiltak i området utanfor dei økonomiske sonene. I eit eige forhandlingsmøte i NEAFC søkte medlemslanda å få til ei regulering av fisket etter makrell i det internasjonale havområdet «Smotthavet». Under møtet stemde fleirtalet av NEAFCs medlemer for at det vart sett ein totalkvote på 44.000 tonn i 1999. Av dette kvantumet skal Russland ha 30.000 tonn, Noreg, EU og Færøyane tilsaman 10.000 tonn og Island 2.000 tonn. Polen blei tildelt eit kvantum på 1.000 tonn og 1.000 tonn blei avsett til kvote for land utanfor NEAFC. Vidare skal Russland gradvis redusere fisket dei neste åra, ned til 20.000 tonn i 2001. Dei russiske kvotekutta skal gradvis overførast til Noreg, EU og Færøyane. Russland og Island stemde mot reguleringa.

I juni 1998 vedtok NEAFC eit felles kontroll- og handhevingsregime som skal setjast i verk i 1999.

Regulering av norsk vårgytende sild i Nordaust-Atlanteren i 1999

Ei avtale inngått mellom Noreg, Russland, EU, Færøyene og Island vart underskriven i Reykjavik 7. oktober 1998. Partane fastsette ein totalkvote på 1.302.000 tonn. Innanfor denne totalkvoten skal fisket til dei fem partane samla avgrensast til 1.300.000 tonn i 1999 fordelt med 109.000 tonn til EU, 273.000 tonn til Færøyane og Island, 741.000 tonn til Noreg og 177.000 tonn til Russland. Dette er i røynda same regime for regulering av bestanden som blei vedtatt året før.

I samband med protokollen har Noreg inngått bilaterale avtaler med EU, Færøyane, Island og Russland om løyve til å fiske i deira fiskerisoner:

EU kan fiske 35.000 tonn sild i NØS nord om 62° N eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Av dette kvantumet kan inntil 26.000 tonn fiskast i NØS nord om 62° N. Noreg kan fiske 9.000 tonn sild i EU-farvatn nord om 62° N.

Færøyane kan fiske inntil 32.000 tonn sild av sin kvote i NØS nord om 62° N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Av dette kvantumet kan maksimalt 26.000 tonn fiskast i NØS nord om 62° N. Etter avtala kan norske fiskarar fiske 32.000 tonn sild i færøysk sone i 1999.

Island kan fiske 202.000 tonn sild i fiskerisonen ved Jan Mayen eller i NØS nord om 62° N. Maksimum 9.000 tonn av dette kvantumet kan fiskast i NØS nord om 62° N. Norske fartøy kan fiske 144.000 tonn sild i Islands økonomiske sone.

Russland kan fiske 130.000 tonn sild i NØS nord om 62° N og 11.000 tonn i fiskerisona rundt Jan Mayen.

CCAMLR

CCAMLR-kommisjonen vedtar årleg anbefalingar av totalkvotar for dei ulike artane i kommisjonen sitt område, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR fordeler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane fordelte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket.

Norske fartøy fiskar ikkje i dette området, men norske interessar er inne i fisket i kommisjonen sitt område. Noreg fastsette den 13. mars 1998 ei forskrift om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Forskrifta gjeld for norske statsborgarar og personar bosett i Noreg og som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlige halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levende marine ressurser i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta tillatelse frå norske styresmakter.

ICCAT

Noreg er ikkje medlem av organisasjonen ICCAT, men deltok som observatør på årsmøtet i 1998. Bakgrunnen for norsk deltaking er at det er tekn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og bli å finne i norske farvatn. Noreg hadde som kjent eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet. Det norske fisket tok slutt i 1986. I 1998 opna norske styresmakter for eit prøvefiske med line i norske farvatn i samarbeid med Japan. Siktemålet var å vurdere det kommersielle potensialet i eit linefiske etter makrellstørje. Det blei teke eit avgrensa kvantum på 24.300 kg. makrellstørje. Det er ikkje tatt stilling til om Noreg skal bli medlem av organisasjonen. Noreg skal i 1999 delta som observatør i ei arbeidsgruppe som skal vurdere kriterium for kvotefordeling.

SEAFO

Kyststatane Sør-Afrika, Namibia, Angola og Storbritannia (på vegner av St. Helena) har teke initiativ til å etablere ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon for det sørlege Atlanterhavet. Organisasjonen skal ha ansvar for forvaltninga av fiskeressursane i området, både såkalla vandrande og stasjonære bestandar. Det er holdt tre møte mellom interesserte partar, mellom anna har Noreg deltatt. Eit nytt møte skal haldast i 1999. Det er ikkje bestemt om Noreg skal bli medlem i SEAFO. Norske fartøy har i løpet av 1997 og 1998 dreve fiske i det sørlege Atlanterhavet.

Til forsiden