3 Fornyings- og administrasjonsdepartementets merknader til Personvernnemndas årsmelding for 2006
Ei rekkje av sakene Personvernnemnda har avgjort i 2006 har vore av prinsipiell art. Dette gjeld blant anna sak PVN-2005-06 Securitas. Denne avgjerda blei teken inn av Lovdata som den første avgjerda fatta etter at den nye arbeidsmiljøloven trådde i kraft 1. januar 2006. Personvernnemnda fann at det ikkje var høve til å innføre rusmiddeltesting av alle tilsette fordi dette var i strid med føresegnene i arbeidsmiljøloven om medisinske undersøkingar av tilsette. Personvernnemnda kom vidare til at Securitas ikkje kunne lagre vandelsattestane til tilsette etter at desse var kontrollerte og funne i orden.
To andre prinsipielle saker gjaldt kameraovervaking av buss og togkupéar (PVN-2005-12 og PVN-2005-13). Datatilsynet meinte at kameraovervakinga skulle avgrensast til området rundt sjåføren og dørene. Dette var Personvernnemnda ikkje einig i, med den grunngiving at personvernulempa var lita, og bad Datatilsynet utforme konsesjon for kameraovervakinga.
Det er elles verdt å trekkje fram at Personvernnemnda i fleire saker har gått opp grensa mellom kva som fell innanfor og utanfor personopplysningsloven. Det blir særleg vist til PVN-2005-14 der ein idrettsutøvar ønskte at opplysningar om hans forhold til ei foreining og resultat han oppnådde i tida han var medlem i foreininga, skulle slettast frå foreininga si heimeside på Internett. Personvernnemnda fann at opplysningane ikkje skulle slettast, og uttalte i denne samanhengen at «Et motsatt resultat ville medført at en person kan «redigere» historien og gjøre den ufullstendig». Det er departementets oppfatning at dette er viktige og prinsipielle avgjerder. Sjølv om Personvernnemnda påpeiker at nemnda berre avgjer enkeltsaker, vil slike avgjerder ha betydning for korleis personopplysningsloven skal tolkast i framtida.
Personvernnemnda har som hovudoppgåve å avgjere klagar på Datatilsynets vedtak. Personvernnemnda er oppteken av å reindyrke rolla som klageorgan og ønskjer derfor ikkje å delta aktivt i personverndebatten. Departementet ser at det kan vere vanskeleg for Personvernnemnda å reindyrke rolla som klageorgan og samtidig bidra med kunnskapsformidling. Departementet meiner likevel at det er viktig at Personvernnemnda bidrar med generell informasjon om viktige prinsippavgjerder.