4 Administrasjon og ressursar
Datatilsynets budsjett og rammevilkår
Datatilsynet arbeider retta mot allmenta. Datatilsynets budsjett for 2006 låg i underkant av kr. 25 millionar, av desse var to millionar øyremerkt til kommunikasjonsprosjekt. Ca 65 % av desse midlane går til lønnskostnader fordelte på 32 medarbeidarar. Datatilsynet har inga eiga inntening, verken knytt til foredragsverksemd eller produksjon av brosjyrar og anna materiell. Datatilsynet har peikt på at det er lite rom for å setje i gang tiltak som ikkje direkte knyter seg til juridisk saksbehandling eller tilsynsverksemd. Overføringa for kommunikasjonsprosjekt er derfor vidareført i 2007.
Som tilsynsorgan skal Datatilsynet dekkje hele landet, inklusive Svalbard, og gjennomføring av tilsyn medfører ein del reiseverksemd. Departementet ser med interesse på at det blir prøvd ut andre former for tilsyn, som for eksempel skriftlege spørjeundersøkingar til forskjellige bransjar, for å oppnå ein formålstenleg bruk av ressursane.
Datatilsynet har ei deltidsstilling knytt til arbeidet med utveksling av personopplysningar i tilknyting til Schengen-avtalen. Det blir i denne samanheng gjennomført møte i Brussel. Datatilsynet deltek elles i ein del internasjonale fora, blant anna jamlege møte i Brussel knytte til den såkalla Art. 29.gruppa. Dette er EUs rådgivande organ i personvernspørsmål, nedfelt i EUs Personverndirektiv (95/46/EF). Ein del av budsjettet til Datatilsynet er derfor bunde opp i reiseutgifter. Departementet erkjenner at personvernproblemstillingar strekkjer seg over landegrensene, og er positive til at Datatilsynet prioriterer internasjonal deltaking.
Personvernnemndas budsjett og rammevilkår
Personvernnemnda har skifta sekretariat i løpet av 2006. Sekretariatet består av ei deltidsstilling og er samlokalisert med Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Departementet meiner at denne løysinga fungerer godt.
Det er gjennomført 11 møter i nemnda og 13 saker er avgjorde. Saksmengda til Personvernnemnda har vore stabil sidan 2005, og Personvernnemnda reknar med at den vil halde seg på ca. 20 saker i året. Fornyings- og Administrasjonsdepartementet ser ikkje bort frå at dette er riktig, men meiner likevel at det kan vere vanskeleg å fastslå dette. Departementet vil òg peike på at ei stabil saksmengd ikkje nødvendigvis er det same som at arbeidsmengda vil vere stabil, fordi sakene kan variere i vanskegrad. Det er svært viktig at Personvernnemnda har ein beredskap for auke i talet på saker eller arbeidsmengd slik at ein unngår lang saksbehandlingstid.
Ved utgangen av 2008 har leiar og nestleiar og i tillegg to medlemmer av Personvernnemnda fungert i to periodar av fire år. Det er difor ikkje høve til å nemne opp desse på nytt. Det er viktig at Personvernnemnda gjennom sine arbeidsmetodar sikrar ein viss kontinuitet ved skiftet av leiing. Det kviler i denne samanheng eit stort ansvar på sekretariatet.
Personvernnemnda har gitt økonomisk tilskott til Personvernkonferansen 2006, som blei arrangert av Avdeling for forvaltningsinformatikk ved Universitetet i Oslo. Tema for konferansen var «Personvern – mellom idealer og realiteter».