2 NOU 2000:26
2.1 Innleiing
I NOU 2000:26 «...til et åpent liv i tro og tillit» har eit offentleg utval drøfta grunnlaget og målet for dåpsopplæringa i Den norske kyrkja. Utvalet, det såkalla dåpsopplæringsutvalet, vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon i 1999. Utgreiinga var ferdig i oktober 2000. Dåpsopplæringsutvalet har forslag til omfang, organisering og innretning av eit utvida dåpsopplæringstilbod i kyrkja, og drøftar kva premissar eit slikt tilbod skal vere bygd på. Utgreiinga har vore til offentleg høyring.
Kyrkje/stat-utvalet, som vart oppnemnt av Kyrkjerådet i 1998, utarbeidde i september 2001 ein delrapport om dåpsopplæringa i kyrkja. Saksfeltet er dessutan omtalt i sluttrapporten frå utvalet, som var ferdig i mars 2002. Sjølv om kyrkje/stat-utvalet har ei noko anna tilnærming til dette feltet enn dåpsopplæringsutvalet, avvik ikkje rapporten frå kyrkje/stat-utvalet frå dei konkrete forslaga som dåpsopplæringsutvalet hadde.
I dette kapitlet skal departementet gjere greie for hovudpunkta i NOU 2000:26 og det som kom fram i høyringa.
2.2 Hovudpunkta i NOU 2000:26
2.2.1 Generelt
Utvalet har definert dåpsopplæringa i kyrkja på denne måten (NOU 2000:26, side 10):
«Med dåpsopplæring mener vi trosundervisning på grunnlag av eller med tanke på den kristne dåp. Dåpsopplæring er undervisning og oppdragelse som skal hjelpe barn og unge til å tilegne seg den kristne tro, finne sin plass i menighetens fellesskap, og å leve i samsvar med kristen livstolkning.»
Målet for dåpsopplæringa har utvalet presisert slik (NOU 2000:26, side 50):
«Hovedmålsettingen med en dåpsopplæring for vår tid er å føre barn og unge inn i den kristne tro og gi dem livshjelp, det vil si støtte til å tolke og mestre tilværelsen og sitt eget liv i lys av evangeliet. Det vil derfor være en sentral oppgave at alle som deltar får kjennskap til hva det innebærer at Kristus kan gi trygg identitet, håp for framtiden og mot til å reise seg i krise og nederlag. Skal denne lykkes, må opplæringen ha preg av totalformidling og omfatte alle dimensjoner i religiøst liv, ikke bare den kognitive. Barn og unge må gis anledning til å møte et kristent fellesskap, bekjennende og tydelige modeller og på andre måter gjøre egne erfaringer gjennom kontakt med et miljø som synliggjør og bekrefter det kristne budskap.»
Etter ein gjennomgang av dei rettslege og økonomiske vilkåra som gjeld for dåpsopplæringa i dag, og av dei historiske utviklingslinjene som har ført fram til situasjonen i vår tid, meiner utvalet at det no må kome ei styrking av dåpsopplæringa og dåpsopplæringstilbodet i kyrkja. Utvalet strekar under at dåp og dåpsopplæring høyrer saman på ein uløyseleg måte, og at det ikkje finst nokon kristen dåp utan føregåande eller etterfølgjande opplæring. Dåpsopplæring er noko kyrkjelyden har ansvaret for, og som alle døypte må kunne stille krav om å få.
Utvalet viser til at det ansvaret kyrkja har på dette området, ikkje er oppfylt i dag, i første rekkje av økonomiske grunnar. Utvalet meiner at det i åra framover er nødvendig å satse på dåpsopplæringa dersom Den norske kyrkja skal haldast oppe som folkekyrkje.
Utvalet understrekar at det må vere den einskilde kyrkjelyden - som det sentrale kristne læringsfellesskapet - som må vere det miljøet der dåpsopplæringa i kyrkja har si forankring. Sjølv om dåpsopplæringa slik er ei oppgåve og eit ansvar for kyrkja, understrekar utvalet at heimen til den døypte, med foreldre/føresette og fadrar, har ein sjølvsagd og sentral del av opplæringsansvaret. Utvalet viser til at heimen er det viktigaste læringsmiljøet for den religiøse oppsedinga av barnet, og dermed òg for dåpsopplæringa. Oppgåva for kyrkja er å gi støtte til foreldra/dei føresette og fadrane i å oppfylle deira del av ansvaret. Kyrkja si dåpsopplæring må derfor gå føre seg etter mandat frå og i samarbeid med heimen. Utvalet drøfter i denne samanhengen spørsmålet om foreldra/dei føresette har ei form for juridisk plikt til å la barna ta del i kyrkja si dåpsopplæring, men meiner det er grunn til å vere varsam med å dra ein slik konklusjon, og at det ikkje vil vere aktuelt å endre den praksisen og det grunnlaget dåpen og dåpsopplæringa i kyrkja i dag er regulerte etter.
Utvalet meiner at dåpsopplæringa er viktig for identitetsutviklinga hos det døypte barnet, og dermed for den personlege utviklinga og veksten. Med bakgrunn i internasjonale erklæringar og konvensjonar om menneskerettar, som mellom anna understrekar at barn har rett til åndeleg utvikling, ser utvalet det som eit samfunnsansvar, dvs. som eit ansvar for staten og det offentlege, å støtte opp under all trus- eller livssynsopplæring for barn.
Utvalet meiner at staten, i vår statskyrkjeordning, har eit særskilt ansvar for å setje Den norske kyrkja i stand til å gi eit utvida tilbod om dåpsopplæring. Utvalet meiner at ansvaret for staten er forsterka med bakgrunn i dei endringane som har gått føre seg dei siste 30 åra når det gjeld kristendomsundervisninga i skulen, i første rekkje ved endringa i skulelovene i 1969, som medførte at kristendomsundervisninga etter den tid ikkje er å rekne som dåpsopplæring i kyrkjeleg meining. Utvalet meiner òg at innføringa av KRL-faget i 1997 har verka i same retning, dvs. forsterka behovet for å styrkje kyrkja si dåpsopplæring og det ansvaret staten har for at kyrkja kan kome behovet i møte. Utvalet meiner det er staten som i første rekkje må ha ansvaret for at dei nødvendige ressursane vert stilte til rådvelde for å byggje opp opplæringstilbodet i kyrkja. Det vert understreka at andre trudoms- og livssynssamfunn må ha den same økonomiske støtta.
På bakgrunn av desse vurderingane meiner utvalet at alle som vert døypte, skal ha krav på, eller rett til, å få tilbod om dåpsopplæring, og at dette må kome til syne i lovverket for kyrkja. Utvalet meiner likevel at det ikkje er aktuelt å setje i verk individuell og lovfesta rett til dåpsopplæring før kyrkja har dei ressursane og det tilbodet som skal til for å oppfylle retten.
2.2.2 Omfanget, organiseringa og innretninga av opplæringstilbodet
Nedanfor er det i korte trekk gjort greie for dei forslaga dåpsopplæringsutvalet la fram om omfanget, organiseringa og innretninga av eit utvida dåpsopplæringstilbod i kyrkja.
Omfang og innretning
Forslaget frå dåpsopplæringsutvalet om eit utvida og systematisk dåpsopplæringstilbod er utforma slik at det skal vere tilpassa ulike oppvekstfasar og alderstrinn: Første fasen 0-3 år, andre fasen 3-6 år (førskulefasen), tredje fasen 6-10 år (småskulefasen), fjerde fasen 10-13 år (mellomfasen), konfirmasjonsfasen 13-15 år, og siste fasen 15-18 år. I denne tida skal alle døypte barn få eit opplæringstilbod som svarer til 315 timar i alt, fordelte på dei ulike fasane og spesifiserte på konkrete opplæringstiltak.
I fasen 0-3 år (20 timar) skal det leggjast stor vekt på å utvikle kontakten mellom heimen og kyrkjelyden, med informasjon om trudomsgrunnlaget, om kyrkja og kyrkja sitt liv og om det opplæringstilbodet som kyrkjelyden gir. Etter kvart som barnet veks til, vil det vere aktuelt at oppfølginga frå kyrkja vert utvikla i samarbeid med barnehagar og kristelege organisasjonar som arbeider blant barn og unge. I førskulefasen 3-6 år (30 timar) skal det mellom anna vere tilbod om søndagsskule, ei form for kvardagsskule, og regelmessige familiegudstenester. Dåpsopplæringsutvalet meiner opplæringstilbodet i den neste fasen, småskulefasen 6-10 år, bør organiserast som ein kyrkjeskule. Denne bør vere på dagtid i kyrkjelyden der barnet bur. Utvalet meiner dette er den viktigaste tida av dåpsopplæringa, og meiner ein tredel (120 timar) av opplæringstilbodet på 315 timar bør gå til denne fasen, med ytterlegare 30 timar i samband med juniorkonfirmasjon ved fylte ti år. Av pedagogiske grunnar meiner utvalet at opplæringstilbodet i denne tida bør gå føre seg i konsentrerte bolkar, dvs. ved fleire timar i samanheng eller over heile dagar. Utvalet foreslår at dåpsopplæringstilbodet frå barnet er 11 år til konfirmasjonsalderen (30 timar), i hovudsak vert organisert i form av leirar, og at tiltaka elles har vekt på leiarutvikling, tiltak knytte til gudstenestene, diakonien og solidaritetsarbeidet, forutan deltaking i songkor, ungdomsklubbar o.l. For konfirmasjonstida (65 timar, av dette 45 timar som i dag) foreslår utvalet at opplæringa slik ho no er utforma, bør førast vidare utan vesentlege endringar. I fasen etter konfirmasjonstida meiner utvalet det er viktig å utvikle tilbod og aktivitetar som sikrar god kontakt mellom kyrkjelyden og dei unge, med mellom anna tilbod om leiartrening og samtalefora for trudoms- og livssynsspørsmål. Tilbodet i denne siste fasen skal ha eit omfang på 20 timar. Utvalet meiner det bør utviklast eit eige ritual, ein særskild liturgi, som markerer ei høgstemd avslutning av tida for dåpsopplæringa, dvs. ved fylte 18 år, da den unge òg får stemmerett ved kyrkjelege val.
Utvalet strekar under at det i alle fasar av dåpsopplæringa skal leggjast stor vekt på lokale tilpassingar både når det gjeld organiseringa og innhaldet, og at tilbodet må vere tilpassa barn med særskilde behov. Utvalet strekar òg under at samiskspråklege barn må ha krav på det same opplæringstilbodet som andre.
Utvalet meiner at omfanget av tilbodet - 315 timar fordelte på ulike alderstrinn - er eit minsteomfang dersom dåpsopplæringa skal fylle si meining. Utvalet peiker i denne samanhengen på at det omfanget som er foreslått, inklusive konfirmasjonsopplæringa i dag på 45 timar, omtrent svarer til omfanget av kristendomsundervisninga i skulen den gongen denne undervisninga var rekna som dåpsopplæring.
Utvalet legg elles vekt på at det utvida dåpsopplæringstilbodet skal kome i tillegg til den opplæringa barna får i heimen. Opplæringstilbodet skal dessutan utviklast på grunnlag av, og som integrert del av, dei aktivitetane, det tilbodet og den opplæringa som i dag går føre seg i mange kyrkjelydar mellom barn og unge (songkor, foreiningar, barnegrupper og ungdomsklubbar m.m.) og i samarbeid med dei frivillige organisasjonane. Utvalet peiker på at det er nødvendig å samarbeide og å ha kontakt, ikkje berre med foreldre og fadrar, men med dei frivillige organisasjonane og barnehagane og skulen, i utforminga og gjennomføringa av dåpsopplæringstilbodet. Sjølv om det utvida opplæringstilbodet på mange måtar vil vere ei påbygging og vidareutvikling av dei tilboda som finst i kyrkjelydane i dag, strekar utvalet under at den systematiske og utvida opplæringa som er foreslått, representerer ei sterk og fornya satsing på dåpsopplæringa.
Dåpsopplæringa og den offentlege skulen
Utvalet meiner at dåpsopplæringa primært må gå føre seg i kyrkjelyden sine eigne lokale, i første rekkje i kyrkjebygget. Eit viktig motiv for dette, i tillegg til at det er med på å understreke at opplæringa er kyrkjelyden sitt opplæringstilbod, er at kyrkjerommet med sitt særpreg vil støtte opp om og vere ein del av opplæringa. Gjennom dette får opplæringa direkte samanheng med rituala i kyrkja, med liturgiane, gudstenestelivet og livet i kyrkjelyden elles. Utvalet opnar likevel for å bruke lokala i den offentlege skulen, særleg i småskulefasen 6-10 år. Utvalet peiker på at dåpsopplæringa alle stader må organiserast slik at det blir lagt praktisk til rette for at alle som ønskjer det, kan delta, same kvar dei bur. Det same omsynet til praktisk tilrettelegging for å få brei deltaking, er òg grunnen til at utvalet går inn for at store delar av dåpsopplæringa for barna i småskulealderen bør gå føre seg på dagtid, og at å bruke lokale i skulen i denne samanhengen ofte vil kunne vere nødvendig av praktiske grunnar. Av omsyn til prinsippet om likebehandling av trudoms- og livssynssamfunn meiner utvalet at òg andre trudoms- og livssynssamfunn bør få løyve til å bruke lokala i skulen på dagtid. Utvalet meiner elles at praktiske spørsmål i samband med å leggje opplæringa til skulen, må løysast lokalt, i samarbeid mellom kyrkja, heimen og kommunen.
Utvalet går imot at kyrkja si dåpsopplæring, og tilsvarande opplæring i regi av andre trudoms- og livssynssamfunn, skal vere ein integrert del av undervisninga i skulen, som tillegg til eller del av KRL-faget, og meiner at det heller ikkje på anna grunnlag vil vere aktuelt å bruke av undervisningstimane i skulen til dåpsopplæring. Dåpsopplæringa er kyrkja sitt ansvar og bør ikkje vere ein del av det ordinære undervisningsopplegget i skulen. Utvalet meiner elles at å styrkje dåpsopplæringa i Den norske kyrkja ikkje bør ha som konsekvens at time- og fagplanane for KRL-faget i skulen vert endra, til dømes i form av ei avkorting av den delen av undervisninga som handlar om kristendommen. Utvalet åtvarar mot at ei eventuelt endra og forsterka opplæring i regi av trudoms- og livssynssamfunna i seg sjølv skal føre til endra profil og innhald i KRL-faget. KRL-faget er eit fag i skulen, på linje med andre fag, og dei lærarane som underviser i faget, skal ikkje representere noko trudomssamfunn eller livssyn i samband med formidlinga av faget. Det er kyrkja som må ha det faglege og pedagogiske ansvaret for dåpsopplæringa, og dei som har ansvaret for opplæringa, har dette ansvaret som oppdrag frå kyrkja og må sjølve dele kyrkja si tru og ta del i kyrkja sitt liv.
Gjennom lokal avtale mellom kyrkje og skule kan i dag ein til to timar av undervisningstimane i skulen kvar veke i 9. klasse nyttast til konfirmasjonsopplæring. Det er kyrkja, ikkje skulen, som har ansvaret for opplæringa desse timane. Ordninga er regulert i kyrkjelova § 36. Utvalet meiner konfirmasjonsopplæring innanfor ramma av undervisningstida i skulen ikkje på fullgod måte kan kome i møte dei mål og pedagogiske intensjonar som kyrkja har med konfirmasjonstida, og at ordninga kan føre til eit press blant elevane til å følgje kyrkja si konfirmasjonsopplæring. Utvalet seier om dette (NOU 2000:26, side 72):
«Utvalget ønsker at den generelle adgang til å bruke skoletimer til konfirmasjonsopplæring bør avløses av en slik adgang kun der hvor det er særlig tungtveiende grunner til det. Hvis en eventuelt skulle ha deler av konfirmasjonsundervisningen i skolens tid, mener utvalget det må være en forutsetning at også de elevene som ikke følger denne undervisningen får et tilbud de er tilfredse med.»
Økonomiske og andre konsekvensar
Utvalet har rekna dei økonomiske konsekvensane av sine forslag til 550 mill. kroner. Utgiftsbehovet er rekna på grunnlag av omfanget av dåpsopplæringstilbodet (315 timar) og lønnsvilkåra i skulen. Utvalet har rekna med ei deltaking på 70 pst., dvs. at 70 pst. av årskulla tek del i opplæringstilbodet i heile opplæringstida. Det er ikkje rekna inn noka eigenbetaling frå heimen. Den største delen av utgiftsbehovet på 550 mill. kroner vil vere utgiftene til 1 300 nye årsverk, som utvalet meiner må opprettast i kyrkja. I tillegg kjem andre driftsutgifter, mellom anna til læremiddel, opplæring av dåpslærarar m.m. Utvalet legg til grunn at utgiftsbehovet på 550 mill. kroner i første rekkje må dekkjast over statsbudsjettet. Meirutgiftene for kommunane, mellom anna i samband med auka bruk av kyrkjene, er rekna til 45 mill. kroner. Som følgje av at andre trudoms- og livssynssamfunn har krav på den same økonomiske støtta frå det offentlege som Den norske kyrkja, rekna per medlem, vil ei økonomisk satsing på dåpsopplæringa i kyrkja ha som konsekvens ein auke i tilskottet til andre trudoms- og livssynssamfunn.
Utvalet meiner at utbygginga av eit utvida og systematisk dåpsopplæringstilbod i kyrkja i det omfanget som er foreslått, bør gå over ti år. Den første fasen bør vere på eitt til to år, med etablering av eit sentralt prosjektsekretariat og igangsetjing av nokre pilotprosjekt i bispedømma. Dei neste fasane vil vere etableringsfasen og konsolideringsfasen. I perioden skal den offentlege ressursinnsatsen aukast gradvis, i gjennomsnitt med ca. 55 mill. kroner kvart år, samtidig som det vert arbeidd med forsøks- og utviklingsprosjekt og med dei utfordringar som kyrkja står framfor, særleg med omsyn til rekruttering og utdanning av personell.
Utvalet foreslår fleire endringar i det kyrkjelege lovverket i samband med gjennomføringa av eit utvida dåpsopplæringstilbod i kyrkja. I tillegg til lovfesting av retten til opplæring, foreslår utvalet at det òg vert gjort lovendringar som mellom anna presiserer kven som i kyrkja skal ha ansvaret for å utvikle og leie dåpsopplæringa i kyrkjelydane og ha ansvaret for økonomi og personale. Dei fleste av desse lovforslaga har som føresetnad at dei økonomiske vilkåra for det utvida dåpsopplæringstilbodet er til stades, og at det derfor ikkje er aktuelt å setje dei i verk før det økonomiske grunnlaget er på plass.
2.3 Høyringa
Utgreiinga frå dåpsopplæringsutvalet vart send til offentleg høyring i desember 2000. Kyrkjerådet fekk i oppgåve å gjennomføre høyringa i kyrkja og blant organisasjonar og institusjonar innan Den norske kyrkja, og å leggje saka fram for Kyrkjemøtet 2001. Til andre instansar var det Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som sende utgreiinga til høyring.
2.3.1 Høyringa i regi av Kyrkjerådet
Kyrkjerådet sende høyringsbrev til 121 instansar. I tillegg til bispedømmeråda, biskopane og eit utval sokneråd og kyrkjelege fellesråd, var mellom anna Kirkens Arbeidsgiverorganisjon, kyrkjelege organisasjonar og fleire utdanningsinstitusjonar blant høyringsinstansane. Kyrkjerådet fekk svar frå 84 av høyringsinstansane. Svara vart oppsummerte i eit saksdokument frå Kyrkjerådet som låg til grunn for behandlinga av saka under Kyrkjemøtet 2001. I saksdokumentet frå Kyrkjerådet heiter det mellom anna:
«Nær sagt alle høringsinstansene understreker behovet for en opprusting av dåpsopplæringen. De aller fleste mener at en lovfestet rett til dåpsopplæring, forutsatt at det tilføres tilstrekkelig ressurser, er en riktig vei å gå for å styrke dåpsopplæringen. Mange deler utvalgets argumentasjon om at den dramatiske nedbyggingen i kirkens dåpsopplæring er en konsekvens av manglende kompensasjon etter at dåpsopplæringen ble tatt ut av skolen. Noen hevder at utvalget i sterkere grad burde poengtert behovet for dåpsopplæring ut fra kirkens oppdrag i seg selv, i stedet for å fokusere ensidig på det man har tapt ved endringene i skolens kristendomsundervisning.
Utvalgets understreking av at en lovfestet dåpsopplæring skal gjelde alle døpte, uavhengig av bosted og personlige forutsetninger, får bred oppslutning. På ulik bakgrunn stiller noen likevel spørsmål ved hvorvidt kirken vil kunne lykkes i å nå alle. For mange av høringsinstansene er det et viktig anliggende at dåpsopplæringen må tilrettelegges for barn og unge med ulike typer funksjonshemninger. Det blir også poengtert at utgiftene ved en tilrettelagt dåpsopplæring ikke er kostnadsberegnet grundig nok.
Utvalgets analyse av dåpsopplæringsunderskuddet og deres anbefalte modell for dåpsopplæringen med 315 timer som en minimumsstandard, får gjennomgående tilslutning. Noen mener imidlertid at det foreslåtte omfanget er et absolutt minimum, mens andre etterlyser en plan for prioritering av tiltak ved et lavere omfang og mener forslaget er for ambisiøst sett i forhold til ressurser og rekrutteringsmuligheter. Flere peker på at undervisningen uansett må holde høy kvalitetsstandard.
Den anbefalte modellen og de foreslåtte tiltak får bred oppslutning. Samtidig presiserer høringsinstansene at det må tilføres tilstrekkelige midler til å gjennomføre dette. Flere viser til viktigheten av en lokalt tilpasset undervisning. Et fåtall av høringsinstansene ønsker kun å satse på et utvalg av fasene, da de er skeptiske til realismen i prosjektet med hensyn til finansiering og rekruttering. ( . . .)
Høringen gir bred støtte til utredningens anslag for økning i antall stillinger, og til opptrappingsplanen. En del peker på at 10 års opptrapping er et minimum. Noen uttalelser stiller seg spørrende til om kirken vil klare å rekruttere mange nok til disse stillingene, og noen gir innspill til nytenkning med hensyn til rekruttering. Det uttrykkes videre generelt støtte til at dåpsopplæringen skjer i et tverrfaglig samarbeid, av både ansatte og frivillige med bredde i kompetanse. Mange uttrykker ønske om at alle yrkesgruppene i kirken får styrket pedagogisk opplæring, enten som ledd i grunnutdanningen, eller som etterutdanning. De fleste mener også at det er viktig med en heving av lønnsnivået for kirkelige stillinger, ordnede arbeidsforhold, flere stillingskategorier og karrieremuligheter.
Spesielt mange fremhever at kateketene må styrkes som yrkesgruppe, både med hensyn til antall stillinger, status, lønn og karrieremuligheter. Mange understreker også viktigheten av kateketen som menighetens undervisningsleder og de mulighetene som ligger i ordningen med prostikateketer. De fleste er positive til utredningens forslag om dåpslærere, men da som et supplement til kateketene. Mange støtter også utvalget i at det er behov for å vurdere kirkelige stillinger med hensyn til kvalifikasjonskrav og realkompetanse. (...)
Det gis bred støtte til utredningen med hensyn til at kristendomsdelen i KRL-faget ikke må svekkes, og at kirkens dåpsopplæring som trosundervisning må være kvalitativt annerledes enn skolens fag. Noen påpeker at hvis kristendomsdelen av faget reduseres, må dåpsopplæringen styrkes ytterligere. Når det gjelder samarbeidet mellom kirke og skole, peker mange på nødvendigheten av gode relasjoner mellom de to instansene, og på de mulighetene som ligger i et fortsatt samarbeid. Flere instanser deler utvalgets forslag om at lovfestet rett til trosopplæring må gjelde alle tros- og livssynssamfunn.
Når det gjelder spørsmålet om konfirmasjonsundervisning i skolens tid, gir de fleste, primært av pedagogiske grunner, støtte til utvalget med hensyn til en innstramming av kirkelovens § 36. Av praktiske grunner mener likevel de fleste at det fortsatt må være åpent for å legge konfirmasjonsundervisningen til skolens tid.»
Samisk kyrkjeråd meinte forslaga frå dåpsopplæringsutvalet ikkje var godt nok utforma og tilpassa dei utfordringane eit utvida dåpsopplæringstilbod ville få blant det samiske folket. Samisk kyrkjeråd utarbeidde derfor eit eige dokument til Kyrkjemøtet, der det mellom anna vart streka under at ei utvida dåpsopplæring på dei samiske språka (nord-, sør- og lulesamisk) ville stille store krav om utvikling av nye læremiddel på samiske språk og om rekruttering av samiskspråklege kateketar og dåpslærarar, og dessutan at dei økonomiske konsekvensane på området ville vere større enn det dåpsopplæringsutvalet hadde rekna dei til.
Vedtaket i denne saka frå Kyrkjemøtet 2001 har denne ordlyden:
«Gjennom oppdraget fra kirkens Herre er dåp og dåpsopplæring knyttet uløselig sammen: «...idet dere døper dem... og lærer dem å holde...»
Hvert år bæres 50 000 barn til dåpen i Den norske kirke. Dåpen oppleves som aktuell for enkeltmennesker og for samfunnet. Selv om samfunnet har endret seg raskt de siste tiårene, velger fortsatt de fleste foreldre å bære sine barn til dåpen. Et voksende antall barn og unge som ikke ble døpt som spedbarn, melder seg også til dåp.
Denne gledelige store oppslutning om dåpen innebærer betydelige utfordringer for kirkens dåpsopplæring. Dette er utfordringen som kirken i dag bare i høyst utilstrekkelig grad er i stand til å møte. Kirkemøtet vil understreke at spørsmålet om kirkens dåpsopplæring er et spørsmål om folkekirkens framtid i vårt land. Vi sier med det regjeringsoppnevnte utvalget: Bare den kirke som overleverer, vil overleve.
Målsettingen med dåpsopplæringen er å gi barn og unge livshjelp og støtte til å tolke og mestre tilværelsen i lys av kristen tro. Dåpsopplæringen er derfor ikke bare en folkekirkesak, men også en folkesak. Kirkens dåpsopplæring blir dermed et viktig anliggende også i relasjon til barn og unges oppvekst i lokalmiljøet.
Dåpsopplæring er hele menighetens oppgave. Menighetene er kalt til å være et lærende fellesskap der alle lærer av hverandre. Den mer spesialiserte dåpsopplæring må skje innen en slik ramme. Dette stiller store krav til prioritering og organisering i menighetene.
Kirkemøtet anbefaler på denne bakgrunn en lovfestet rett til dåpsopplæring i tråd med utvalgets anbefalinger. Minstestandard for lovfestet rett til dåpsopplæring innføres ifølge utvalget som juridisk gjeldende ved full utbygging. Kirkemøtet støtter dette og slutter seg i hovedsak til de beregningene som utvalget har foretatt, og den organiseringen av dåpsopplæringen som utvalget anbefaler. Det forutsettes at kirken gjennom en opptrapping i løpet av tre utviklingsfaser over 10 år tilføres de tilstrekkelige midler fra sentralt hold for å innfri en slik rett.
Kirkemøtet forutsetter at en lovfestet rett til dåpsopplæring vil innebære at alle døpte skal ha lik rett til dåpsopplæring, uavhengig av bakgrunn, personlige forutsetninger, funksjonsdyktighet, kulturell og etnisk tilhørighet og bosted.
Kirkemøtet forutsetter at det i tråd med det tilleggsdokumentet som er utarbeidet av Samisk kirkeråd bevilges tilstrekkelige midler til å realisere en lovfestet rett til dåpsopplæring for samiske barn og unge.
Kirkemøtet gir i hovedsak sin tilslutning til de endringer som er foreslått i lovverket. Kirkemøtet forventer å få seg forelagt departementets lovendringsforslag.
Kirkemøtet støtter utvalgets grunnsyn om at andre tros- og livssynssamfunn må få de samme ytre rammer for tros- og livssynsundervisningen av barn og unge som Den norske kirke.»
2.3.2 Høyringa i regi av departementet
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sende utgreiinga til høyring til 27 instansar. Blant høyringsinstansane var felleskyrkjelege organisasjonar (Norges Frikirkeråd, Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn) og tenestemannsorganisasjonar innan kyrkja og skulen. Kommunenes Sentralforbund og statens utdanningskontor i alle fylke vart òg oppmoda om å uttale seg.
Med unntak av dei kyrkjelege tenestemannsorganisasjonane var det få av høyringsinstansane som hadde kommentarar til dei konkrete forslaga frå dåpsopplæringsutvalet som gjaldt omfanget, organiseringa og innretninga av eit utvida dåpsopplæringstilbod. Synspunkta frå dei kyrkjelege tenestemannsorganisasjonane var langt på veg i samsvar med det som kom fram under høyringa i regi av Kyrkjerådet.
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Norges Frikirkeråd og Norges Kristne Råd understrekar på generelt grunnlag det positive i at staten støttar økonomisk opp under opplæring som går føre seg i dei einskilde trudoms- og livssynssamfunna, men påpeiker at det må vere det einskilde samfunnet som får ansvaret for å forme ut tilbodet. Det vart i denne samanhengen særleg peikt på den verdien det har at barn og unge har forankring i eigen religion og eige livssyn i eit samfunn som vert meir og meir pluralistisk.
Somme av høyringsinstansane stilte spørsmål ved forslaget om å lovfeste individuell rett til dåpsopplæring, og ved kva konsekvensar ein slik rett ville få. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn understrekar at opplæring eller undervisning i regi av trudoms- og livssynssamfunna må vere frivillig for deltakarane, og at det ville vere i strid med foreldreretten dersom det skulle vere krav om pliktig deltaking. Norges Frikirkeråd og Norges Kristne Råd hadde liknande synspunkt. Lærarforbundet peiker på at innføring av eit dåpsopplæringstilbod på det grunnlaget og i det omfanget dåpsopplæringsutvalet gjekk inn for, ville gjere det nødvendig å avklåre om kyrkja i framtida skal stille andre og meir forpliktande krav enn i dag til dei foreldra som ønskjer å døype barna sine.
Høyringa viste brei semje om dei vurderingane dåpsopplæringsutvalet la fram om det skiljet som bør vere mellom dåpsopplæringstilbodet i regi av kyrkja og den undervisninga som skulen har ansvaret for. Norsk lærarlag understrekar at dåpsopplæringa må vere eit kyrkjeleg ansvar, og at det må vere eit klårt skilje mellom kyrkja og skulen sine roller i opplæringa. Lærarlaget peiker på at opplæringa i regi av trudoms- og livssynssamfunna kan få konsekvensar for innhaldet i læreplanen og anna regelverk for KRL-faget. Lærarforbundet seier mellom anna:
«Samla sett er tilrådnaden frå utvalet klargjerande når det gjeld grensesetjinga mellom ansvars- og arbeidsområdet til skulen og kyrkja. Det er særs positivt at utvalet har tatt konsekvensane av at det skal vere eit tydeleg skilje mellom skulen og kyrkja si rolle i opplæring og oppseding. Lærarforbundet meiner at KRL-faget i skulen må sjåast uavhengig av dåpsopplæringa. Trusopplæringa i regi av trudomssamfunna sjølve må ikkje få konsekvensar for læreplanen og anna regelverk i Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.»
Norges Frikirkeråd og Norges Kristne Råd peiker på at KRL-faget i skulen har som føresetnad ein identitetsbygging i høve til den einskilde eleven sitt livssyns- eller trudomsgrunnlag som KRL-faget ikkje kan gi, men peiker på at KRL-faget er eit sentralt fag for undervisning og haldningsskapande arbeid på området, og uttaler mellom anna:
«Vi ønsker ikke en situasjon der verdioverleveringen overlates til det enkelte tros- og livssynssamfunn. Dersom vi skal opprettholde Norge som et samfunn med et minste felles innhold av normer og verdier, er det viktig å skape rom for denne verdiformidlingen i skolen og i samlet klasse. Det vi ønsker å ivareta gjennom en organisert tro/livssynsundervisning, er både den individuelle tros- og livssynsidentitet hos barna og den kollektive identiteten knyttet til tilhørighet til tros- eller livssynssamfunnet. Denne er en forutsetning for den dialog og den kollektive verdiformidlingen som mest mulig må skje samlet i skolen.»
Høyringa viste stor semje om at dåpsopplæringa normalt bør gå føre seg i kyrkja sine eigne lokale. Norges Kristne Råd og Norges Frikirkeråd seier om dette:
«Det vil være viktig å sikre at en innføring av dåpsopplæring for Den norske kirkes medlemmer ikke fører til en ny oppsplitting og forskjellsskole for barna. Vi slutter oss til utredningens konklusjoner om at undervisningen så vidt mulig foregår i tros- og livssynssamfunnenes egne lokaler.»
Norsk lærarlag er positivt til at skulen er ein samarbeidspart for kyrkja ved at skulen i aktuelle tilfelle stiller lokale til rådvelde og elles legg til rette for ei organisering som kan lette gjennomføringa av dåpsopplæringa.
Høyringa viste brei støtte til prinsippet om at opplæring i regi av Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn bør organiserast og gjennomførast utanom skulen sine undervisningstimar. Det kom ikkje fram innvendingar mot at dåpsopplæringa av praktiske grunnar må kunne gå føre seg på dagtid i tilknyting til skuletida. Lærarforbundet presiserer i denne samanhengen at kyrkjeskule på dagtid for barn på småskuletrinnet - lokalisert til skulen, men utanom undervisningstimane i skulen - krev samarbeid mellom kyrkje og skule for å sikre gode pedagogiske opplegg for både skulen og dåpsopplæringa. Norges Kristne Råd og Norges Frikirkeråd understrekar at dersom trudoms- og livssynssamfunna si undervisning av ulike grunnar skulle verte lokalisert til skulen på dagtid, burde dette gjerast ved at ho vart lagd i ytterkantane av skuledagen.
Foreldreutvalet for grunnskulen seier seg samd i forslaget frå dåpsopplæringsutvalet om innskrenkingar i kyrkjelova § 36 om konfirmasjonsopplæring som del av undervisningstida i skulen, og peiker på at ei framtidig utviding av dåpsopplæringa i kyrkja vil vere lettare å kome i møte dersom ho kjem utanom den ordinære undervisningstida i skulen. Lærarforbundet er av same meining. Den norske kirkes presteforening uttaler om dette:
«Med tanke på store geografiske problemer som mange steder er knyttet til en felles konfirmantundervisning, er Presteforeningen skeptisk til at utvalget ønsker å fjerne konfirmantforberedelsen helt fra skolens tid og rom. Av pedagogiske/kateketiske grunner mener vi imidlertid at denne nok bør begrenses mest mulig.»
Høyringsinstansar med tilknyting til skuleverket understreka elles at økonomisk styrking av dåpsopplæringa i kyrkja ikkje måtte føre til reduserte ressursar til den obligatoriske grunnskulen og til den vidaregåande opplæringa for alle. Kommunenes Sentralforbund peikte på dei økonomiske konsekvensane det vil ha for kommunane dersom forslaget om lovfesta rett til dåpsopplæring vert realisert, og gjekk ut frå at departementet kom tilbake til dei spørsmåla som i denne samanhengen ville melde seg.