5 Økonomiske og administrative konsekvensar
5.1 Økonomiske konsekvensar
Departementet går i denne meldinga inn for ei reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja. Målet med reforma er å styrkje dåpsopplæringa i Den norske kyrkja ved at det over tid går føre seg ei systematisk utviding av opplæringstilbodet i kyrkjelydane. Den første delen av reforma skal vere kjenneteikna ved forsøks- og utviklingsarbeid som femner breitt og har sterk lokal og regional forankring. Denne delen skal vere prosjektorganisert, avgrensa i tid og med arbeidsdeling mellom det lokale, regionale og sentrale nivået i kyrkja. Departementet legg til grunn at finansieringa av reforma skal vere ei oppgåve for statsbudsjettet.
Budsjettbehovet i samband med reforma vil i hovudsak handle om å utvide dei statlege løyvingane til kyrkjelydane. I første rekkje vil det vere behov for statstilskott til stillingar for kateketar og dåpslærarar, men det vil òg vere aktuelt å løyve midlar til andre typar stillingar. Dette heng saman med at eit utvida opplæringstilbod i kyrkjelydane vil ha konsekvensar for dei fleste tenestekategoriane i kyrkja. Statstilskottet til kyrkjelydane må i tillegg gi rom for å dekkje andre typar driftsutgifter som vil kome som følgje av eit utvida opplæringstilbod. Budsjettbehovet vil variere mellom kyrkjelydane, med bakgrunn i demografiske og strukturelle skilnader, og med bakgrunn i dei økonomiske ressursane kyrkjelydane har i dag mellom anna når det gjeld preste-, kateket- og diakonstillingar.
Utover ein auke i statstilskottet til kyrkjelydane må det løyvast midlar over statsbudsjettet til sentrale utviklingstiltak. Behovet for å utvikle opplæringsmateriell og pedagogiske opplegg til bruk i kyrkjelydane vil vere stort. Det same gjeld behovet for utvikling og bruk av ny teknologi i dåpsopplæringa. Utarbeiding av opplæringsmateriell på dei samiske språka må få ei opptrapping, og det må setjast av meir midlar til utvikling av tilpassa opplegg for barn og unge med særskilde behov. Med bakgrunn i den relativt svake rekrutteringssituasjonen som den kyrkjelege arbeidsmarknaden i dag er i, må ulike tiltak som kan stimulere rekrutteringa til kyrkjelege stillingar, ha høg prioritet.
I samband med reforma legg departementet til grunn at kvart bispedømme må få ei prosjektstilling, slik at bispedømma har kapasitet og kompetanse til å gi fagleg og anna støtte til kyrkjelydane. På sentralt hald i kyrkja er det behov for eit prosjektsekretariat med om lag fem stillingar.
Av pkt. 4.4.2 går det fram at departementet legg til grunn ei budsjettmessig opptrapping på om lag 250 mill. kroner for gjennomføringa av ei reform av dåpsopplæringa i kyrkja. Det går elles fram at opptrappingsplanen har eit tidsperspektiv på fem til ti år og at den kvart år må vurderast i lys av den aktuelle budsjettsituasjonen. Det meste av løyvingane skal gå som tilskott til kyrkjelydane, og elles til sentrale utviklingstiltak og til å styrkje kompetansen og kapasiteten på regionalt og nasjonalt nivå i kyrkja. Det er naturleg at Kyrkjerådet kvart år utarbeider budsjettforslag til departementet, med forslag til fordeling på dei ulike tiltaka.
Departementet meiner tidsperspektivet for gjennomføring av reforma bør vere ti år, men framdrifta vil mellom anna henge saman med korleis rekrutteringssituasjonen utviklar seg, og kva erfaringar som vert gjorde i forsøks- og utviklingsarbeidet i første delen av reformperioden.
Kommunane sine utgiftsplikter i høve til kyrkja er i dag regulerte i kyrkjelova § 15. Etter reglane i kyrkjelova har kommunane størstedelen av finansieringsansvaret for kyrkja si verksemd. Som nemnt legg departementet til grunn at ei reform av dåpsopplæringa i kyrkja skal vere eit ansvar for statsbudsjettet. Departementet meiner det ikkje er aktuelt å leggje nye utgiftsplikter på kommunane i samband med reforma. Reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja bør gjennomførast innanfor ramma av dei reglane som i dag er nedfelte i kyrkjelova om kommunane sine utgiftsplikter.
5.2 Administrative og andre konsekvensar
For statsforvaltninga vil dei administrative konsekvensane av ei reform av dåpsopplæringa i første rekkje vere knytte til føresetnaden om å leggje faglege oppgåver til bispedømma og til etableringa av ei sentral prosjektleiing, jf. pkt. 4.2.2. Som nemnt vil meiroppgåvene for bispedømmeråda bli kompenserte med eit nytt årsverk i kvart bispedømme. På sentralt hald i kyrkja skal Kyrkjerådet ha det overordna ansvaret, med oppgåver delegerte til den sentrale prosjektleiinga.
Reforma av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja skal gjennomførast og kome til uttrykk i våre kyrkjelydar. Reforma skal i første rekkje ha verknader lokalt. Det er i kyrkjelydane dei administrative konsekvensane av reforma derfor vil ha størst omfang. Utprøving av ulike organisatoriske og praktiske løysingar i kyrkjelydane, saman med kartlegging og evaluering av dei administrative verknadene av reforma, er ein naturleg del av forsøks- og utviklingsarbeidet i første delen av reformperioden. Departementet meiner elles at den prosjektorganiseringa og oppgåve- og arbeidsdelinga mellom bispedømma som det er gjort greie for i pkt. 4.2.2, har administrative vinstar. Prosjektorganiseringa har samordning som grunnlag og hovudmotiv. Det vil liggje til rette for praktisk og organisatorisk samarbeid kyrkjelydane imellom, mellom sokneråda og mellom dei kyrkjelege fellesråda. Den samla fagkompetansen vil kunne utnyttast meir systematisk og rasjonelt, og det vil liggje til rette for praktiske og meir effektive rapporterings- og evalueringsopplegg.
Konsekvensar for andre trudoms- og livssynssamfunn
Det følgjer av reglane i lov 13. juni 1969 om trudomssamfunn og ymist anna § 19, jf. lov 12. juni 1981 om tilskott til livssynssamfunn §§ 1-3, at ei økonomisk satsing på dåpsopplæringa i Den norske kyrkja vil føre til same auke i den statlege støtta til andre trudoms- og livssynssamfunn, rekna per medlem. Ei auka løyving på 250 mill. kroner til dåpsopplæringa i Den norske kyrkja vil etter reglane og medlemstala i dag utløyse ein auke på 20 - 25 mill. kroner til andre trudoms- og livssynssamfunn.