2 Samandrag
Eit kjernepunkt i reguleringa av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk i staten er påbodet om minst 25 pst. av kvar målform i utoverretta informasjonstilfang. Kravet skal sikra at nynorsk blir så mykje brukt at det kan representera ei viss motvekt til den generelle bokmålsdominansen, og må sjåast i ein større språkpolitisk samanheng.
Målet er at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål. Samstundes er det overordna målet å verna og styrkja norsk språk i det heile, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet. Det generelle grunnlagsdokumentet i dette arbeidet er den Plan for styrking av norsk språk som Norsk språkråd vedtok på rådsmøtet sitt i 2001.
Det forskriftsfesta tilsynet med målbruksreglane vil framleis bli organisert slik at Kulturdepartementet held auge med dei andre departementa, medan Norsk språkråd innhentar og følgjer opp målbruksrapportar frå andre statsorgan.
Det vart brukt noko meir nynorsk i stortingsdokument i åra 1997-2000 sett under eitt enn i perioden før, men framleis var det berre knapt 15 pst. nynorsk rekna etter samla sidetal. Nynorskprosenten blir noko høgare når ein reknar etter talet på dokument, fordi fleire små enn store stortingsdokument kjem på nynorsk. Men slik rekna har det vore ein nedgang frå noko over 25 pst. i åra fram til 1997 til i underkant av 25 pst. i tida etter. Det rapporterte gjennomsnittstalet av andre typar nynorsktekstar enn stortingsdokument har dei seinare åra variert mellom 22 og 25 pst. Dette gjeld talet på tekstar under 10 sider, medan nynorskbruken er klart mindre i større dokument.
For statsorgan under departementsnivået har det registrerte talet på nynorsktekstar under 10 sider gjennomgåande lege på eit noko høgare nivå i perioden frå 1997 enn i åra før, mellom 20 og 25 pst., men det har ikkje vore nokon auke gjennom perioden. For større tekstar var nynorskbruken i underkant av 15 pst. Desse gjennomsnittstala omfattar berre dei statsorgana som leverer rapport slik dei skal. Dei to siste åra var dette om lag 140 av i alt ca. 220 organ, og av desse var det om lag 40 som hadde meir enn 25 pst. nynorsk i små dokument, og berre om lag 25 organ i større dokument.
Siktemålet for tilsynsarbeidet er at alle statsorgana skal oppfylla minstekravet om 25 pst. av kvar målform fult ut. Utforming av konkrete tiltak må ta utgangspunkt i at målbruksreguleringa føreset respekt og godvilje for begge målformer, at all røynsle viser at tilsynsarbeidet nyttar, at særleg fagdepartementa må ansvarleggjerast, at kontrollaspektet i tilsynsarbeidet bør supplerast med fleire positive stimuleringstiltak, at det noverande lovgrunnlaget for målbruk innanfor statsforvaltninga i hovudsak bør stå ved lag, og at det er avgjerande at det framleis er ei plikt for den enkelte tilsette å skriva både bokmål og nynorsk.
På dette grunnlaget vil det bli lagt til rette for ein ny giv for nynorsk målbruk i staten, ikkje ved å ta i bruk negative sanksjonar, men ved eit meir breispektra sett av verkemiddel, mellom anna med tilbod om hjelp til omsetjing, skriving og språkvask av større dokument. Departementet vil etablera ei språkkonsulentteneste knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Saman med Norsk språkråd vil departementet setja i gang eit treårig satsingsprosjekt der leiarengasjement, nynorskopplæring og etablering av faste rutinar for veksling mellom målformene vil vera sentrale element.
Departementet vil arbeida vidare med spørsmål som gjeld verkeområdet for mållova, tilhøvet mellom språk og teknologi og ei omlegging av Norsk språkråd til eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk og vil koma tilbake til desse spørsmåla i ei seinare generell kulturmelding. Elles vil departementet raskt koma tilbake til Stortinget med framlegg om å oppheva føresegna i lov om Norsk språkråd om å støtta opp under utviklingstendensar som på sikt fører målformene nærmare saman.