Del 2
Nærare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200) | 152 990 | 143 563 | 156 766 | 9,2 |
0202 | Læringssenteret (jf. kap. 3202) | 109 081 | 109 015 | 115 477 | 5,9 |
0203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203) | 123 247 | 103 127 | 109 812 | 6,5 |
0204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204) | 5 465 | 5 395 | 5 600 | 3,8 |
0206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 25 938 | 25 687 | 26 689 | 3,9 |
0210 | Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg | 95 159 | |||
Sum kategori 07.10 | 511 880 | 386 787 | 414 344 | 7,1 |
Budsjettforslaget på programkategori 07.10 utgjer om lag 414,3 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 27,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 7,2 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under dei einskilde kapitla.
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200) | 7 536 | 2 500 | 2 598 | 3,9 |
3202 | Læringssenteret (jf. kap. 202) | 17 076 | 19 503 | 17 564 | -9,9 |
3203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 203) | 22 357 | 11 655 | 12 063 | 3,5 |
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204) | 264 | 212 | 220 | 3,8 |
Sum kategori 07.10 | 47 233 | 33 870 | 32 445 | -4,2 |
Budsjettforslaget for programkategori 07.10 utgjer om lag 32,4 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 1,4 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Tekniske endringar utgjer ein reduksjon på 2,7 mill. kroner.
Tilstandsvurdering, strategiar og tiltak
Mål: Utforme Regjeringa sin utdannings- og forskingspolitikk og sikre at denne blir gjennomført i sektorane
Utdannings- og forskingsdepartementet har det overordna ansvaret for utforminga og gjennomføringa av den nasjonale politikken innanfor kunnskapssektoren. Departementet har òg forvaltningsansvar for store delar av tenesteytinga i sektoren. Utdannings- og forskingsdepartementet skal arbeide for eit godt utdanningssystem på høgt fagleg nivå med brei rekruttering og produktive gode forskingsmiljø.
Departementet og verksemdene i utdannings- og forskingssektoren står framfor store oppgåver med tanke på å følgje opp dei måla Regjeringa og Stortinget har for sektoren.
Læringssenteret skal vere eit nasjonalt kompetansesenter for utdanningssektoren, med hovudvekt på informasjons-, evaluerings- og utviklingsoppgåver. Sjå omtale under kap. 202.
Læringssenteret har 1. september 2002 fungert i to år. Departementet har i den samanhengen sett i gang ei brukarundersøking og ein organisatorisk gjennomgang. Resultata frå denne gjennomgangen vil liggje føre ved årsskiftet 2002-03.
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing. Sjå omtale under kap. 204.
Som oppfølging av St.meld. nr. 31 (2000-2001) «Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling» vil dei statlege utdanningskontora bli innlemma i fylkesmannsembetet frå 1. januar 2003, jf. omtale under kap. 203.
Det pågår fleire utgreiingar og større arbeid i departementet som omhandlar og vil påverke den statlege utdanningsadministrasjonen. Departementet meiner det er svært viktig å sjå desse i samanheng for å sikre ei heilskapleg vurdering av organiseringa av utdanningsadministrasjonen og av kva oppgåver som skal utførast av dei ulike einingane.
Departementet vil særleg trekkje fram følgjande utgreiingar og større arbeid ein må ta omsyn til i denne samanhengen:
rapport hausten 2001 frå ei arbeidsgruppe nedsett av Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet om den statlege utdanningsadministrasjonen: «Helhet og sammenheng Om fornyelse av den statlige utdanningsadministrasjonen»
NOU 2002:10 «Førsteklasses fra første klasse Forslag til rammeverk for et nasjonalt kvalitetsvurderingssystem av norsk grunnopplæring», delinnstilling frå «Kvalitetsutvalet for modernisering av rammevilkåra for grunnopplæringa» (Kvalitetsutvalet)
gjennomgangen av Læringssenteret
arbeidet med å utvikle eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering
Kvalitetsutvalet har i delinnstillinga si i NOU 2002:10 mellom anna foreslått omfattande endringar når det gjeld styring og utvikling av skolesektoren. Forslaget inneber at statens utdanningskontor blir lagde ned, at oppgåver knytte til tilsyn og kontroll blir lagde til fylkesmannsembetet, at Læringssenteret byggjer opp kompetanse om rettleiing av grunnutdanningssektoren, og at det blir etablert ei eiga eining i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) med ansvar for evaluering og utviklingsoppgåver. Innstillinga har nyleg vore på høring i sektoren.
Regjeringa har som mål at skolesektoren i Noreg skal få større handlefridom og ansvar når det gjeld både organiseringa av og innhaldet i opplæringa, og at mindre skal styrast frå statleg nivå. Dette tilseier at staten må ha eit tilstrekkjeleg omfang av tilsyn og kontroll for å sikre at den einskilde eleven får oppfylt rettane sine. Med større lokal handlefridom og auka mangfald vil mange skoleeigarar ha behov for rettleiing i arbeidet med kvalitetsutvikling, mellom anna i høve til etablering av eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering.
I arbeidet framover vil den statlege utdanningsadministrasjonen vere eit viktig verkemiddel for å nå målet om betre kvalitet i skolen. Departementet vil leggje vekt på å sikre at den kompetansen som finst i dei statlege utdanningskontora blir ført vidare.
Departementet ønskjer å vurdere gjennomgangen av Læringssenteret og høringsfråsegnene til Kvalitetsutvalet saman med ei vurdering av oppgåvene til utdanningskontora. Denne vurderinga vil òg bli sett i samanheng med det arbeidet som pågår om modernisering av rammevilkåra for grunnopplæringa. Departementet tek sikte på å komme tilbake til oppgåvefordeling og budsjettverknader i Revidert nasjonalbudsjett for 2003.
Regjeringa har valt utdanning, med særleg vekt på grunnopplæringa, som eit av dei mest sentrale områda for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Arbeidet med modernisering omfattar ei rekkje tiltak og prosessar som skal styrkje kvaliteten på tenestetilboda, gi større fridom lokalt, betre ressursutnyttinga og styrkje brukarmedverknaden og sikre interessene til brukarane. Som ledd i dette arbeidet har Utdannings- og forskingsdepartementet starta opp eit arbeid med modernisering av grunnopplæringa. Det blir arbeidd innanfor fleire område:
For å auke det lokale handlingsrommet søkjer ein å forenkle reglar i opplæringslova og læreplanverket som legg føringar på korleis skolen blir organisert og styrt.
For å auke kvaliteten i grunnopplæringa vil ein vurdere tilrådingane frå Kvalitetsutvalet om å etablere eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering av grunnopplæringa som gir styresmaktene og skolen verktøy for å vurdere og utvikle kvaliteten på norsk skole.
Departementet har starta arbeidet med å vurdere ein ny finansieringsmodell for grunnopplæringa som i større grad stimulerer til auka kvalitet og effektivitet i skolen, samt auka fleksibilitet for skoleeigaren, og som gir større valfridom for elevane.
I tillegg til moderniseringa av grunnopplæringa arbeider departementet med fleire andre sentrale oppgåver. Arbeidet med betring av tenestene i Statens lånekasse for utdanning tek utgangspunkt i rapporten som er lagd fram av ei arbeidsgruppe våren 2002: «Kvalitet og kostnad i organisering av utdanningsstøtta». Målet med dette arbeidet er auka kvalitet i sakshandsaminga og betre service for brukarane. Her blir det trekt opp to moglege hovudstrategiar: «Lånekassealternativet» inneber ei betring innanfor dagens struktur. «Bankalternativet» inneber stor grad av gjenbruk av system og tenester i bank- og finansnæringa. Strategi for endringar i Lånekassen vil bli valt når prosjektet er avslutta våren 2003. Sjå nærare omtale under kategori 07.80.
Regjeringa har alt sett i gang ei modernisering av høgre utdanning. Kvalitetsreforma for høgre utdanning er ein viktig del av moderniseringa av offentleg sektor, og er no i ein gjennomføringsfase. Universitet og høgskolar er gitt auka fridom i organisatoriske, faglege og økonomiske spørsmål. Dette og ei meir resultatbasert finansiering skal styrkje kvaliteten på utdanninga og bidra til meir effektiv bruk av ressursane. Kvalitetsreforma for høgre utdanning skal på fleire måtar leggje til rette for ei kvalitetsutvikling ved universitet og høgskolar. Mellom anna skal reforma gi nye studietilbod i tråd med ein internasjonal gradsstruktur og gi tettare oppfølging av studentane, meir gruppeundervisning og nye vurderingsformer.
Vidare vart evalueringa av Noregs forskingsråd sluttført i desember 2001. Regjeringa vedtok i mai 2002 å følgje tilrådinga i evalueringa om å satse på eitt forskingsråd. Sjå nærare omtale av endringane i Noregs forskingsråd under hovudinnleiinga.
Det internasjonale arbeidet i departementet omfattar aktiv deltaking i ulike fora og aktivitetar i Nordisk Ministerråd, EU/EØS, OECD, Europarådet og UNESCO. Det internasjonale samarbeidet skal mellom anna medverke til å styrkje kvaliteten og dekkje kompetansebehova i norsk utdanning og forsking. Det er viktig å utvikle gode system for godkjenning av kompetanse frå utlandet, å verdsetje realkompetanse, samt å byggje ned hindringar for arbeidsinnvandring og utveksling. Det same gjeld spørsmålet om å definere, vurdere, verdsetje og dokumentere kompetanse på grunnutdanningsnivå. Departementet legg stor vekt på å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid. Dette blir også lagt til grunn i Forskingsrådet sin nye strategi for internasjonalisering.
Det overordna ansvaret for Noregs deltaking i UNESCO vart overført frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet 1. juli 2002. Den norske målsettinga i UNESCO-arbeidet er sterkare fokus på prioriterte område, betre samordning og meir effektiv bruk av ressursane. Sekretariatet til den norske UNESCO-kommisjonen vil bli innlemma i departementet 1. april 2003, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og Innst.S. nr. 255 (2001-2002). Sjå omtale under kap. 200 og 288.
I 2002 har Noreg formannskapet i Nordisk Ministerråd. Dette inneber mellom anna at Noreg leier dei nordiske komiteane som handsamar utdannings- og forskingssaker. Noreg har satt «Morgendagens Norden» som overskrift for formannskapsprogrammet i 2002, med barn og unge som eitt av tre innsatsområde. Departementet har følgt opp dette med eit særskilt sektorprogram for utdanning og forsking. Programmet er utforma med utgangspunkt i gjeldande strategiar og handlingsplanar for samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet, og søkjer å nå ein balanse mellom kontinuitet og fornying. Sjå omtale under kap. 200.
I tråd med målet om auka satsing på utdanning i norsk bistandsarbeid vart det i april 2000 etablert ein rammeavtale med NORAD. Denne avtalen vart bygd ut i 2001 og 2002 og inneber at departementet fungerer som eit fagsenter når det gjeld samarbeid om drift og utvikling av utdanningssystem, samt gjennomføring av reformer.
Det direkte samarbeidet med utdanningsdepartementa i Zambia om bistand til grunnskolereform og i Nepal om bistand til forsking på reformarbeid blir òg utvikla vidare.
Mål: God sektor- og samfunnskontakt skal sikrast gjennom ei open og effektiv forvaltning som er tilgjengeleg og lett å kommunisere med
Departementet ser det som viktig å sørgje for å etablere ei open og effektiv forvaltning som folk opplever at dei når fram til. Målet om god sektor- og samfunnskontakt vil framleis liggje til grunn for arbeidet i departementet.
I samband med arbeidet med modernisering av grunnopplæringa vil eit eige prosjekt sørgje for god informasjon og kommunikasjon med sektoren og samfunnet elles om endringar i dagens organisering, finansiering og kvalitetsoppfølging av skolen.
Departementet satsar vidare på ei aktiv og open presseteneste og publikumsinformasjon på www.odin.dep.no, mellom anna med Faktablad, som er korte, lesarvennlege versjonar av stortingsmeldingar. Departementet og underliggjande etatar vil vere tilgjengelege med høg profil på Internett.
Mål: Målretta og heilskapleg styring skal setje sektorane og underliggjande verksemder i stand til å løyse oppgåvene sine på ein god og effektiv måte
Departementet satsar kontinuerleg på å utvikle etatsstyringa slik at politikken til Regjeringa blir gjennomført på ein god og effektiv måte. Sektorstyring av grunnskole og vidaregåande opplæring er ein del av oppgåvene til departementet.
Departementet legg vekt på å ha ein god dialog med kommunesektoren, som har ansvaret for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Denne skjer gjennom dei statlege utdanningskontora. På grunnlag av rapportar frå utdanningskontora utarbeider Læringssenteret kvart år ei nasjonal tilstandsvurdering for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Denne tilstandsvurderinga er eit bidrag til departementet si styring av sektoren, jf. omtale under kategori 07.20.
Endring av lov om universitet og høgskolar, og innføring av nettobudsjettering av institusjonane, er to sentrale tiltak for å auke graden av fristilling for universitet og høgskolar.
I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma vil det 1. januar 2003 bli etablert eit uavhengig organ for akkreditering og evaluering av kvalitetssikringssystemet ved institusjonane: Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dette organet skal evaluere kvaliteten på studietilbod og vil få mynde til å trekkje tilbake akkreditering om dei skulle vurdere det naudsynt. Vidare skal NOKUT akkreditere nye statleg oppretta studietilbod. I arbeidet med ny lov om fagskoleutdanning legg Regjeringa opp til at NOKUT også skal godkjenne fagskoleutdanningar, jf. omtale under kategori 07.50. Sjå nærare omtale av NOKUT under kategori 07.60.
Departementet og lærarorganisasjonane har forhandla fram nye endringar i arbeidstids- og lesepliktavtalane til undervisningspersonalet. Avtalane (Skolepakke II) vart inngått i oktober 2001 og fekk verknad frå 1. januar og 1. august 2002. I samsvar med intensjonserklæringa vil departementet forhandle med lærarorganisasjonane om nye og meir fleksible arbeidstidsordningar frå 1. august 2003. Målet er å få til ein avtale som gir rom for større fleksibilitet for lærarar og skoleleiarar og medverkar til auka kontakt mellom lærar og elev. Ein ny og forenkla avtale er også eit viktig element i arbeidet med modernisering av grunnopplæringa, jf. tidlegare omtale av dette arbeidet.
Kap. 200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 149 627 | 139 241 | 152 327 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 779 | 2 065 | 2 146 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 584 | 2 257 | 2 293 |
Sum kap. 200 | 152 990 | 143 563 | 156 766 |
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa:
Post 01 er oppjustert med om lag 5,2 mill. kroner mot tilsvarande nedjustering av kap. 301 post 01, i samband med at sekretariatet til UNESCO i Noreg er overført frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet 1. juli 2002.
Kapitlet omfattar:
lønn og drift i departementet
Regjeringa sitt arbeid med forskingspolitikken
kjøp av datautstyr og programvare som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet
Resultatrapport for 2001-02
Nivået på driftsbudsjettet til departementet har blitt redusert i dei siste åra. Dette er ei utfordring når ein ser på dei store reformene sektorane arbeider med, jf. liste nedanfor over meldingar og proposisjonar som vart lagde fram for Stortinget i perioden 2001-02, og resultatmål for departementet i 2003.
Ved overføring av Kyrkjeavdelinga frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kultur- og kyrkjedepartementet 1. januar 2002 vart 17 medarbeidarar flytt ut av departementet. 1. januar 2002 var 245 stillingar lønna under kap. 200 over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet.
Talet på kvinner tilsett i departementet er aukande. Per 1. januar 2002 er 62 pst. av dei tilsette kvinner, ein auke på om lag 2 pst. i høve til 2000. Vidare er det 48 pst. kvinner på avdelingsdirektørnivå og 58 pst. kvinner på underdirektørnivå.
I perioden 2001-02 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagde fram for Stortinget:
St.meld. nr. 11 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om vurdering av enkelte unntak fra ny gradsstruktur i høyere utdanning
St.meld. nr. 16 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om ny lærerutdanning Mangfoldig - krevende - relevant
St.meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere kunstutdanning
St.meld. nr. 34 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere samisk utdanning og forskning (finst òg i samisk utgåve)
St.meld. nr. 35 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren
St.prp. nr. 41 (2001-2002) Eksamen i grunnskolen
Ot.prp. nr. 30 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Ot.prp. nr. 40 (2001-2002) Om lov om endringer i lov 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler og lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
Ot.prp. nr. 67 (2001-2002) Om lov om endringer i lov av 17. april 1970 nr. 21 om retten til oppfinnelser som er gjort av arbeidstakere
Ot.prp. nr. 69 (2001-2002) Om lov om endringer i lov 11. juli 1986 nr. 53 om eksamensrett for og statstilskudd til private høyskoler
Ot.prp. nr. 72 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Om skolemiljøet til elevane
Ot.prp. nr. 79 (2001-2002) Om lov om folkehøyskoler (folkehøyskoleloven)
Ot.prp. nr. 94 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Om gratisprinsippet i grunnskolen
Fleire av desse dokumenta er oppfølging av St.meld. nr. 27 (2000-2001) «Gjør din plikt - Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning», jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001).
Departementet har i same perioden arbeidd med fleire prosjekt som er skisserte under innleiinga til kategori 07.10. Prosjekt knytt til forenkling av rammevilkåra for grunnopplæringa og betring av tenestene i Statens lånekasse for utdanning har mellom anna stått sentralt i dette arbeidet, jf. resultatmål for 2003.
Det internasjonale arbeidet i departementet har involvert alle område i organisasjonen, og har vore retta mot både nordiske, europeiske og globale problemstillingar.
Nordisk Ministerråd gjennomførte i 2002 ein temakonferanse om utdanning som ledd i bistandspolitikken for dei nordiske statsrådane for utdanning og utvikling. Vidare har Noreg teke initiativ til eit scenarioprosjekt om «Morgendagens skole i Norden». På forskingsområdet har ein mellom anna lagt vekt på implementering av eit pilotprosjekt om nordiske senter for framifrå forsking: «Nordic Centres of Excellence».
EU har vedteke ein eigen plattform for utdanningsområdet som oppfølging av den overordna Lisboa-strategien for å gjere Europa til «den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verden». Gjennom den opne koordineringsmetoden blir det utvikla indikatorar innanfor 13 vedtekne målområder på utdanningsområdet. Noreg er invitert til å ta aktiv del i dette arbeidet. Dette vil gi gode moglegheiter for å samanlikne norsk utdanning med utdanning i EU-medlemslanda.
Det overordna ansvaret for det norske UNESCO-arbeidet vart overført til Utdannings- og forskingsdepartementet 1. juli 2002. Driftsutgifter til UNESCO-sekretariatet er finansierte over dette kapitlet. Sjå kap. 288 for løyving til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid og norsk medlemskontingent til UNESCO.
Utdanning for alle (EFA) har stått sentralt i det norske UNESCO-arbeidet. I tråd med handlingsplanen frå EFA-konferansen i Dakar i 2000 er det arbeidd med dei funksjonshemma sin rett til utdanning. Gjennom UNESCO sitt skolenettverk (ASPnet) har norske skolar teke del i arbeidet med å fremme fleirkulturell forståing og dialog mellom sivilisasjonar og undervisning om verdsarven.
Utgangspunktet for kommisjonen sitt arbeid med kultur og utvikling var FN-året for dialog mellom sivilisasjonar. UNESCO-kommisjonen var medarrangør av ei rekkje aktivitetar. I arbeidet med vern av og tilgang til arkiv og bibliotek tok kommisjonen del i arbeidet med å fremme to kandidatar til UNESCO sitt internasjonale register for «Verdens hukommelse».
Departementet og lærarorganisasjonane har forhandla fram nye endringar i arbeidstids- og lesepliktavtalane til undervisningspersonalet. Avtalane (Skolepakke II) vart inngått i oktober 2001, med verknad frå 1. januar og 1. august 2002. I samband med endringane fekk lærarar og skoleleiarar tre trinn i lønnsauke. Desse lønnstrinna kjem i tillegg til dei ekstraordinære lønnstrinna i 2000, samt tillegg som var gitte ved hovudtariffoppgjeret.
Hausten 2001 vart det sett i gang 389 sentralt initierte forsøk med ulike modellar for organisering av arbeidstida til lærarane. SINTEF har fått oppdraget med å gjennomføre ei forskingsbasert evaluering av forsøka. Evalueringsrapporten skal leggjast fram i desember 2002, og skal vere ein viktig del av grunnlaget for forhandlingar om ny arbeidstidsavtale for undervisningspersonalet gjeldande frå 1. august 2003.
I 2001 vart det for andre gang gjennomført lokale førebels lønnsforhandlingar for tilsette i skoleverket i kommunar og fylkeskommunar. Resultatet av forhandlingane skal godkjennast av dei sentrale partane, det vil seie departementet og lærarorganisasjonane. I 63 kommunar og ein fylkeskommune vart det ikkje oppnådd semje, og forhandlingane vart derfor sluttførte sentralt. For fire kommunar enda forhandlingane med brot, i hovudsak fordi departementet ville gi lønnstillegg på grunnlag av personvurdering. Lærarorganisasjonane brakte usemja inn for Statens Lønnsutval, som gav departementet medhald i at hovudregelen ved lokale forhandlingar er at lønnstillegg skal bli gitt etter individuell vurdering.
Satsingsområde for likestillingsarbeidet i utdannings- og forskingssektoren i 2002-03 er tiltak retta mot grunnopplæringa, jf. kategori 07.20, og rekruttering til vitskapelege stillingar i høgre utdanning og forsking, jf. kategoriane 07.60 og 07.70.
Det er mellom anna sett i gang tiltak for å auke talet på mannlege lærarar. Våren 2002 vart ei lærarrekrutteringskampanje med fokus retta mot menn og minoritetsspråklege gjennomført. I 2002 er det om lag 34 pst. menn blant primærsøkjarar i allmennlærarutdanninga, ein auke på om lag 2 pst. frå 2001. Ein eigen nettstad for menn i skolen vart oppretta av departementet våren 2002: www.menniskolen.no. Departementet arbeider med rapporten «Hva skal vi med menn i skolen?». Denne vil bli lagd fram ved årsskiftet 2002-03 og vil danne grunnlaget for den vidare satsinga. Rapporten vil sjå på kva mannlege lærarar, og fråveret av menn, har å seie for skolekvardagen til barna.
Utdannings- og forskingsdepartementet samarbeider mellom anna med Barne- og familiedepartementet om tiltak retta mot elevar og foreldre i skolen. Sjå meir omtale av likestillingstiltak i grunnopplæringa under kategori 07.20.
Vidare har Læringssenteret ansvaret for oppfølging av prosjektet «Operasjon Minerva - jenter og matematikk», jf. kap. 248.
Som eit ledd i arbeidet med å betre informasjonsflyten internt i departementet vart eit nytt intranett lansert hausten 2001. Intranettet skal vere eit verktøy for sakshandsaming, og ei støtte i det daglege arbeidet i departementet. Ei brukarundersøking viser at dei tilsette er godt nøgde med tenesta. Intranettet vil bli utvikla vidare i 2003 i tråd med tilrådingane som kom fram i denne undersøkinga.
I juli 2002 kom den første utgåva av det elektroniske nyheitsbrevet til departementet: @ktuelt. Dette vil bli gitt ut hyppigare og kunne nå fleire på ein raskare måte enn det tidlegare bladet «KUF-aktuelt».
Resultatmål for 2003
Utdannings- og forskingsdepartementet har det overordna ansvaret for utforminga og gjennomføringa av den nasjonale politikken innanfor kunnskapssektoren. Departementet har òg forvaltningsansvar for store delar av tenesteytinga i sektoren. Utdannings- og forskingsdepartementet skal arbeide for eit godt utdanningssystem på høgt fagleg nivå med brei rekruttering og produktive gode forskingsmiljø.
Utdannings- og forskingsdepartementet er av dei departementa som har flest underliggjande verksemder. Kommunesektoren har dessutan ei sentral rolle innanfor departementet sitt område. Utdannings- og forskingsdepartementet forvaltar i dag om lag 90 tilskottsordningar, og arbeider kontinuerleg med å forsøkje å forenkle og forbetre tilskottsforvaltninga. Departementet handsamar mange saker frå underliggjande verksemder, organisasjonar, private og offentlege institusjonar og privatpersonar. I tillegg kjem oppgåver knytte til fastsetjing av lønns- og arbeidsvilkår for store grupper arbeidstakarar i staten, fylkeskommunane og kommunane.
Departementet og verksemdene i utdannings- og forskingssektoren står framfor store oppgåver med tanke på å følgje opp dei måla Regjeringa og Stortinget har for sektoren.
Utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2003 mellom anna arbeide med følgjande prosjekt og større arbeid:
føre vidare arbeidet knytt til modernisering av grunnopplæringa, jf. innleiinga til kategori 07.10
gjennomgå den statlege sentrale og regionale utdanningsadministrasjonen, og eventuelt foreslå nye organisatoriske løysingar
etablere utdanningsportalen www.utdanning.no, som skal samle alle nettressursane innanfor utdanning
forhandle med lærarorganisasjonane om nye og meir fleksible arbeidstidsordningar gjeldande frå 1. august 2003
starte opp ny lærarutdanning
arbeide med felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar
iverksetje ny lov om frittståande skolar dersom Stortinget vedtek slik lov
følgje opp gjennomføring av Kvalitetsreforma for høgre utdanning, jf. kategori 07.60
greie ut og velje løysing for å betre tenestene i Lånekassen
gjennomføre ny støtteordning for elevar i ordinær vidaregåande opplæring
utarbeide ny lov om utdanningsstøtte
gjennomgå lov om vaksenopplæring
undersøkje om tiltaka i Kompetansereforma har den tilsikta effekten, og kva for vilkår som må liggje til grunn for å nå målet om livslang læring for alle. Sjå omtale under kategori 07.50
følgje opp lov om fagskoleutdanning med utarbeiding av forskrifter og etablering av tilskottsordning til tekniske fagskolar
gjennomgå norskopplæring for vaksne innvandrarar
følgje opp evalueringa av Noregs forskingsråd
følgje opp ei ny satsing på langsiktig utdanningsforsking under Noregs forskingsråd, jf. kap. 228, 259 og 281
arbeide for å førebyggje og hindre vald, mobbing, rusmisbruk, rasisme, etnisk diskriminering og seksuell trakassering, mellom anna som ledd i oppfølginga av handlingsplanar knytt til barn og unge
fremme likestilling gjennom å integrere kjønnsperspektivet i alt sektorarbeid. Retningslinjer, mål og tiltak for dette arbeidet er lagt i «Policynotat om likestilling for utdannings- og forskingsdepartementet 2002-2004»
ta del i internasjonale undersøkingar av læringsutbytte i basisfaga. Denne satsinga gir verdifull informasjon om norske elevar sine prestasjonar, også i ein internasjonal målestokk. Det vil i denne samanheng også bli lagt vekt på vidare utvikling og meir systematisk bruk av nasjonale kartleggingsprøver
rapportere til Eurydice, som er eit informasjonssystem for utdanningssystema i EU- og EØS-medlemslanda
følgje opp Brugge-prosessen om å byggje ned hindringar knytte til ulike krav til yrkeskvalifikasjonar i dei ulike landa, for å medverke til auka mobilitet av arbeidskraft
gi innspel og ta del i konsultasjonsprosessen og arbeidet med utvikling av indikatorar knytte til livslang læring
følgje opp Bologna-prosessen der målet er å utvikle eit utdanningssystem for høgre utdanning med felles struktur, gradssystem, auka mobilitet, kvalitetssikring og fagleg samarbeid
ta del i forskings- og utdanningsprogramma 6RP, Leonardo da Vinci og Sokrates. Dette inneber deltaking i programkomitear og underkomitear på både nasjonalt og europeisk nivå, samt rapporteringsverksemd knytt til programma
ta del i arbeidsgrupper innanfor dei 13 definerte delmåla for utdanning, mellom anna utvikling av indikatorar, benchmarking og best practice
sekretariatet til den norske UNESCO-kommisjonen vil bli innlemma i departementet 1. april 2003, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og Innst.S. nr. 255 (2001-2002)
for å styrkje Noreg si rolle i UNESCO-arbeidet sentralt blir det i 2003 oppretta ei UNESCO-stilling ved ambassaden i Paris
starte eit tverrdepartementalt strategiarbeid hausten 2002 der målet er å styrkje samordninga mellom departementa som arbeider på dei ulike saksområda til UNESCO. Den norske målsettinga i UNESCO-arbeidet er sterkare fokus på prioriterte område, betre samordning og meir effektiv bruk av ressursane. Departementet vil arbeide for å få norske kandidatar til viktige styre i UNESCO sentralt, og det vil bli lagt vekt på å arbeide tettare opp mot dei viktige vedtaksorgana i organisasjonen
innføre ei ny IT-løysing for elektronisk arkiv og sakshandsaming for å auke kvaliteten og effektiviteten på sakshandsaminga
utarbeide ein nasjonal kompetanserapport. Rapporten vil skildre kva kompetanse har å seie for velferd, innovasjon og verdiskaping. Det vil òg bli drøfta kva for kompetansebehov enkeltmennesket vil ha i framtida. Sjå omtale under hovudinnleiinga
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på post 01 skal dekkje løn og drift i departementet. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak III nr. 1. Post 01 er oppjustert i høve til 2002 i samband med overføring av midlar til UNESCO frå kap. 301.
Løyvinga på post 21 dekkjer utgifter knytte til arbeidet i Regjeringa med forskingspolitikken.
Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr og programvare som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet.
Løyvingane på postane 21 og 45 blir førte vidare på same nivå som i 2002.
Kap. 3200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Salsinntekter o.a. | 537 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 1 045 | 2 500 | 2 598 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 3 703 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 78 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 173 | ||
Sum kap. 3200 | 7 536 | 2 500 | 2 598 |
Kap. 202 Læringssenteret (jf. kap. 3202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 72 421 | 68 151 | 73 019 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 5 089 | 7 051 | 7 326 |
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 31 571 | 33 813 | 35 132 |
Sum kap. 202 | 109 081 | 109 015 | 115 477 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er oppjustert med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 243 post 01 i samband med at Fagleg eining for PP-tenesta er overført til Læringssenteret.
Post 01 er oppjustert med 2,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 258 post 21 i samband med at ansvaret for språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar er overført til Læringssenteret.
Post 01 er nedjustert med 2,7 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av kap. 3202 post 02.
Læringssenteret skal i hovudsak ha sentrale oppgåver i tilknyting til kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring. Ein viktig del av arbeidet til Læringssenteret er å utvikle og styrkje relasjonar mellom ulike samarbeidspartnarar på opplæringsfeltet. Det er eit viktig siktemål å sørgje for at det blir god fagleg og pedagogisk samanheng i det 13-årige opplæringsløpet. I 2003 skal Læringssenteret på oppdrag frå departementet gjennomføre oppgåver, utviklingsprosjekt og andre tiltak knytte til dette kapitlet og til kap. 224, 226, 243 og 248. Ein må av den grunn sjå omtalen her i samanheng med desse kapitla og omtalen av kategori 07.20. Tilskottspost 70 blir gitt eigen omtale nedanfor.
Læringssenteret har dessutan forvaltningsansvaret for:
å gjennomføre avgangsprøver i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring
å fordele statstilskott til læremiddelutvikling og -produksjon
å sikre grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring eit breitt tilbod av læremiddel
å utarbeide rettleiingar og anna pedagogisk støttemateriell til grunnskolen og vidaregåande opplæring
å drive Skolenettet med ulike tilbod som læringsressurs for grunnskole og vidaregåande opplæring
Læringssenteret sin organisasjon og kompetanse er til ekstern vurdering. Det blir også gjennomført ei brukarundersøking. Resultata frå denne gjennomgangen vil liggje føre ved årsskiftet 2002-03. Departementet vil komme tilbake til eventuelle organisatoriske endringar i samband med den totale gjennomgangen av den statlege utdanningsadministrasjonen.
Resultatrapport for 2001-02
Utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering
Læringssenteret har hatt om lag 30 læreplanar for grunnskolen og vidaregåande opplæring under arbeid, og fastsette læreplanar er lagde ut på Skolenettet. Mange av planane er knytte til vidaregåande kurs I og II på studieretningane Sal og service og Media og kommunikasjon.
For grunnskolen er det utarbeidd læreplan for «Kristendom, religion og livssynskunnskap» og forslag til læreplanar for opplæring av elevar frå språklege minoritetar. Læreplanar for grunnskoleopplæring for vaksne er modulstrukturerte.
Prinsipp og retningslinjer for organisering og tilrettelegging av opplæringa av blinde og svaksynte er fastsette førebels.
Læringssenteret har samarbeidd med departementet om pedagogisk vurdering av læreplanar for private skolar. Senteret har gjennomført ei undersøking av korleis bruk av IKT i opplæringa er teke i vare i læreplanar for det 13-årige skoleløpet, og funne at dei stiller dels uklare krav.
Læringssenteret har utarbeidd oppgåver for, og administrert den eksterne verksemda knytt til arbeidet med elev- og lærlingvurdering i grunnskolen, vidaregåande opplæring og teknisk fagskole. Læringssenteret har lagt til rette for avvikling av sentral eksamen, sensur og klagesensur i vidaregåande opplæring, inklusive prøver for praksiskandidatar, skriftleg avgangsprøve i grunnskolen og eiga avgangsprøve for vaksne. Læringssenteret har også utarbeidd ei rettleiing for sensurering av praksiskandidatar. Det er vidare teke initiativ til eit forskingsprosjekt om samanhengar mellom eksamen og læring.
Læringssenteret har sett til at prosjektet «Alternative prøveformer i fagopplæringa» er ført vidare. Eit forsøk med bruk av IKT til eksamen i vidaregåande opplæring er avslutta.
Kompetanseutvikling, utviklingsarbeid og forsøk
I samarbeid med dei statlege utdanningskontora og skoleeigarane har Læringssenteret arbeidd aktivt for å føre vidare strategien for «Kvalitetsutvikling i grunnskolen 2000-2003», prosjektet «Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring», «Kompetanseutviklingsprogrammet for pedagogisk-psykologisk teneste og skoleleiarar» (SAMTAK) og «Prosjekt Innovasjon i læring, organisering og teknologi» (PILOT), jf. kap. 226, 243 og 248.
Læringssenteret har sett til at det er utvikla og gjennomført kompetanseutvikling knytt til dei nye studieretningane i vidaregåande opplæring, at det er tildelt stipend for lærarar i små yrkesfag, og at eit opplegg for kompetanseutvikling i fagopplæringa er starta opp.
Læringssenteret har etablert nettverk med høgskolar, universitet og statens utdanningskontor for å koordinere og utvikle kvalitet på etter- og vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar. Læringssenteret har stimulert utviklingstiltak knytte til opplæringa i fådelte skolar.
Prosjekta «Verdi- og samlivslære i vidaregåande skole» og «Mot studie- eller yrkeskompetanse for ungdom med funksjonshemming» er førte vidare og avslutta. Prosjektet «Bevisste utdanningsvalg» er sluttført, og prosjektet «Delt rådgivningstjeneste» er ført vidare. Prosjektet «Elektronisk basert yrkes- og utdanningsinformasjon» (nettstaden YOU) er avslutta. Nettstaden blir utvikla vidare i vanleg drift. Læringssenteret har administrert utvikling av rettleiingsmateriell for rådgivarar i skolen.
Utvikling av kriterium for vurdering og utveljing av bonus- og demonstrasjonsskolar er gjennomført.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for systemvurdering
Læringssenteret har i 2002 avslutta evalueringa av skolefritidsordninga. Hovudfokus har vore kvaliteten på det tilbodet som både funksjonsfriske og funksjonshemma barn får, og omfattar både dei kommunale tilboda og tilbod i privat regi.
Læringssenteret har i 2001 hatt ansvar for å føre vidare enkelte forskingsoppdrag etter evalueringa av Reform 94. Læringssenteret har vidare hatt ansvar for å utarbeide tilstandsrapport frå sektoren og å utvikle kartleggingsprøver i lesing.
Læringssenteret har hatt ansvar for oppfølging av norsk deltaking i program under Nordisk Ministerråd sin komite for skolesamarbeid, mellom anna samarbeid om ein nordisk konferanse om skolevurdering og ei undersøking om samfunnet sine haldningar til skolen: Nordisk Attitydundersøkelse.
I 2001 samla Læringssenteret inn data og statistikk knytte til karakterar, rekruttering til dei ulike studieretningane i vidaregåande opplæring, gjennomstrøyming, formidling av lærlingar og oppfølgingstenesta.
Læringssenteret har ført vidare utviklingstiltak i høve til skole- og bedriftsbasert vurdering. Blant desse er prosjekta «Elevinspektørene - elevenes skolevurdering» og «Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid». «Ressursbanken», som vart opna i 2001, er ein nettstad som skal gi skolane og lærebedriftene, kommunane og fylkeskommunane praktisk hjelp med å gjennomføre systematisk eigenvurdering.
Læringssenteret har hatt nasjonalt oppfølgingsansvar for undersøkingane «Programme for International Student Assessment» (PISA) om kunnskapane 15-åringar har i lesing, matematikk og naturfag, «Civic in Education Study» (CIVIC) om kunnskap om og haldningar til demokrati hos ungdom, «Progress in International Reading Literacy Study» (PIRLS) om 9-åringar og lesing, og «Trends in Mathematics and Science Study» (TIMSS) om kva kunnskapar 15-åringar har i matematikk og naturfag. Resultatet frå CIVIC, undersøkinga for 14-åringar, vart lagt fram i 2001.
Læringssenteret tek del saman med departementet og Statistisk sentralbyrå i internasjonalt samarbeid om utvikling av indikatorar for læringsutbytte i OECD. Læringssenteret har teke del i undersøkinga «Methods of evaluating schools» (Eurydice) og har utarbeidd ein nasjonal rapport om vurderingssystem, modellar og metodar for vurdering i grunnskolen.
Utvikling av særskilde læremiddel
Plan for digitale læremiddel 2001-03 er følgd opp, og det er sytt for utvikling slike læremiddel. Det er utvikla læremiddel for små fag i vidaregåande opplæring og teknisk fagskole. Desse er i hovudsak trykte, men nokre har nettbaserte element. Det er utvikla nettbaserte læremiddel på nynorsk i Norsk med samfunnskunnskap for innvandrarar.
Læringssenteret arbeider med utvikling av læremiddel med utgangspunkt i «Handlingsplan for særskilt tilrettelagde læremiddel for barn, unge og vaksne med særskilde behov for perioden 2001-04». Læremiddel for teiknspråklege elevar og læremiddel på punktskrift er prioritert, jf. kap. 243.
Læringssenteret har initiert utvikling og produksjon av læremiddel for opplæring i morsmål og supplerande læremiddel til tospråkleg opplæring i grunnskolen. Elektronisk katalog for læremiddel for minoritetspråklege elevar er lagd ut på Skolenettet.
Lærings- og oppvekstmiljø
Læringssenteret har utarbeidd ein heilskapleg strategi for arbeid med lærings- og oppvekstmiljø og har etablert ei felles teneste på nettet.
Læringssenteret har sett i verk eit prosjekt for å styrkje verdiformidling og verdimedvit i skolen.
Læringssenteret har arbeidd med fleire sider ved lærings- og oppvekstmiljøet, med særleg vekt på førebygging av problemåtferd, mobbing, vald, rus og rasisme. Prosjektet «Skolemekling» er avslutta i grunnskolen og ført vidare i vidaregåande opplæring. Læringssenteret har samarbeidd med Universitetet i Bergen om iverksetjing av Olweus-programmet mot mobbing og antisosial åtferd, jf. omtale under kategori 07.20.
Læringssenteret har saman med Foreldreutvalet for grunnskolen arbeidd for å styrkje samarbeidet mellom heim og skole gjennom utviklingsprosjekt i eit utval kommunar, og i lærarutdanninga, jf. kap. 204. Læringssenteret har administrert val av skole til Skolebyggprisen og har etablert ei rådgivingsteneste for nybygg og opprusting av skoleanlegg, jf. kategori 07.20.
Læringssenteret har samarbeidd med Trygg Trafikk om vidareføring av prosjektet «Skolebarnas trafikklubb». Prosjektet blir avslutta i 2004. Miljøhandlingsplanen er følgd opp, nettverk for miljølære er utvikla til å inkludere 42 nye aktivitetar, og det er sett i verk informasjonskampanjar. Læringssenteret har oppretta ein nettstad for oppfølging av konferansen om berekraftig utvikling i Johannesburg hausten 2002.
Internasjonalt arbeid
Læringssenteret har teke del i ei rekkje internasjonale samarbeidsprosjekt og nettverk med kvalitetsutvikling av opplæringa som formål:
det nordiske prosjektet «Elevsentrert matematikkundervisning» med fokus på eigenvurdering. Det er utvikla undervisningsmateriell og eit informasjons- og idéhefte
nordisk samarbeid om små yrkesfag og om språklege minoritetar
samarbeid innanfor «Nordisk-baltisk nettverk - Baltic 21» for berekraftig utvikling som tema i opplæringa i skolen
arbeid med «European Language Portfolio» (ELP), som er eit tiltak under Europarådet for å oppnå godkjenning av utanlandsk kompetanse i framandspråk og for å utvikle gode læringsstrategiar
deltaking i «Det europeiske språkåret» og ansvar for ordninga med reiselektorar og utanlandske språkkonsulentar
oppfølging av Comenius, der fleire norske skolar er med. Comenius er ein del av SOKRATES og støttar prosjektsamarbeid, mobilitet og nettverk mellom europeiske skolar, samt utvikling av etterutdanningstilbod for lærarar
«The Environment and School Initiatives Programme» (ENSI). Det er gjennomført utviklingsprogram i ti norske skolar
«Det europeiske skolenettet» (eSchola) syner pedagogisk innhald og innovativ bruk av nettet, og «Safety awareness on Internet» skal fremme sikrare bruk av Internett for elevar
koordinering av norsk deltaking i «European Network of Innovative Schools (ENIS)
koordinering av norsk deltaking i det internasjonale miljøprogrammet «Globe», der 96 land er med. Noreg tek del med 70 skolar
støtte til Elevorganisasjonen sitt arrangement «Internasjonal Uke» og «Operasjon Dagsverk»
deltaking som «working partner» i «European Agency for Special Needs Education» og samarbeid om ny nettstad for internasjonal utveksling innanfor spesialundervisning
deltaking i «NordSpes», som er ein felles nordisk møteplass på nettet innanfor spesialundervisning
Oppfølging av Handlingsplanen for IKT i norsk utdanning
Læringssenteret har følgt opp arbeidet med plan for IKT i utdanninga 2000-03. Det er utarbeidd ein plan for utvikling av digitale læremiddel, jf. resultatrapport for Læringssenteret under kap. 248.
Likestilling
Læringssenteret har ansvaret for oppfølging av prosjektet «Operasjon Minerva - jenter og matematikk», jf. kap. 248, og har samarbeidd med fagmiljø om å styrkje skoleleiarar og lærarar sin kompetanse om likestilling.
Andre oppgåver
Læringssenteret har samarbeidd med Norsk Museumsutvikling om utvikling av ein nasjonal plan for «Den kulturelle skolesekken», og har gjennomført informasjonstiltak knytte til dette arbeidet.
Resultatmål for 2003
Læringssenteret skal i 2003 i hovudsak ha sentrale oppgåver i tilknyting til kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring som skissert innleiingsvis i kapitlet. I 2003 skal Læringssenteret på oppdrag frå departementet gjennomføre oppgåver, utviklingsprosjekt og andre tiltak knytte til dette kapitlet og til kap. 224, 226, 243 og 248. I 2003 skal Læringssenteret mellom anna:
arbeide med revisjon av læreplanar og/eller utvikling av nye læreplanar etter oppdrag frå departementet
koordinere og kvalitetssikre det nasjonale arbeidet med elev- og lærlingvurdering
føre vidare arbeidet med kartleggingsprøver
sørgje for utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel for ulike opplæringsgrupper, herunder digitale læremiddel, og prioritere udekte område
ta del i arbeidet med gjennomføringa av handlingsplanen «IKT i norsk utdanning - Plan for 2000-2003». Hovudoppgåvene på dette området er knytte til Skolenettet, digitale læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring, utviklingsarbeid ved bruk av IKT i opplæringa og arbeid med eksamen og ulike former for vurdering basert på bruk av IKT
ivareta nasjonale kompetanseutviklingstiltak etter oppdrag frå departementet, og gi støtte og rettleiing i lokalt utviklingsarbeid
medverke til at arbeidet med kvalitetsutvikling på det samiske området blir ført vidare
føre vidare evaluering og forsking med relevans for skoleverket etter oppdrag frå departementet, og informere om resultat
setje i verk ein heilskapleg strategi for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og vidareføre samarbeid med andre departement om gjennomføringa av ulike handlingsplanar
følgje opp bilaterale, nordiske og internasjonale aktivitetar innanfor skole og fagopplæring, og levere relevant informasjon og dokumentasjon som kan gi ei samla oversikt over tilstanden i skolesektoren som grunnlag for planlegging og gjennomføring av utdanningspolitiske tiltak lokalt og sentralt
utføre utgreiingsoppgåver og gi råd, etter oppdrag frå departementet, innanfor dei ulike fagområda senteret har ansvar for
medverke til å byggje opp kompetanse i den lokale PP-tenesta og stimulere etablering av nettverk mellom desse ved hjelp av Fagleg eining for PP-tenesta
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på post 01 skal dekkje driftsutgiftene ved Læringssenteret. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3202 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 gjeld verksemd som Læringssenteret driv med som oppdrag, i hovudsak frå andre statlege institusjonar. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. I tillegg kan løyvinga på post 21 nyttast under post 70.
Løyvingane blir førte vidare på same nivå som i 2002.
Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Det er to tilskottsordningar under denne posten: tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde og tilskott til utvikling og produksjon av særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Ordningane blir forvalta av Læringssenteret.
Tilskottsordningane skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel til alle elevgrupper, også dei som er så små at det ikkje er grunnlag for kommersiell utvikling.
I 2001 vart det utbetalt i overkant av 29 mill. kroner til utvikling av læremiddel over post 70. Læringssenteret har inngått avtalar med forlaga om produksjon av læremiddel som ikkje enno er ferdigstilte.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002. Løyvinga må i hovudsak brukast til å dekkje opp kontraktar som alt er inngåtte med forlaga.
Kap. 3202 Læringssenteret (jf. kap. 202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 4 855 | 6 741 | 7 004 |
02 | Salsinntekter o.a. | 10 275 | 12 762 | 10 560 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 559 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 387 | ||
Sum kap. 3202 | 17 076 | 19 503 | 17 564 |
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa:
Post 02 er nedjustert med 2,7 mill kroner mot ei parallell nedjustering av kap. 202 post 01.
Post 01 gjeld oppdragsinntekter. Post 02 gjeld inntekter frå sal av hefte, bøker, video og CDar knytte til grunnopplæringa.
Kap. 203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 118 902 | 101 927 | 108 612 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 345 | 1 200 | 1 200 |
Sum kap. 203 | 123 247 | 103 127 | 109 812 |
Kapitlet omfattar drift av 18 utdanningskontor. Utdanningskontora er bindeledd mellom departementet og utdanningssektoren i kommunar og fylkeskommunar. Hovudoppgåva er å utføre statlege oppgåver regionalt. Frå 1. januar 2003 vil utdanningskontora bli innlemma i fylkesmannsembetet.
Resultatrapport for 2001-02
Arbeidsoppgåvene til utdanningskontora er m.a.:
informasjon og rettleiing
tilsyn, kontroll med at lover blir handheva, og klagehandsaming
medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
vurdering, resultatoppfølging og rapportering
løpande forvaltningsoppgåver, m.a. tilskottsforvaltning
Informasjon og rettleiing frå kontora er avgjerande for ei mest mogleg lik praktisering av lov, forskrift og avtaleverk for det pedagogiske personalet i skolen, og har vore retta mot både skoleeigar, foreldre, elevar og ålmenta. Fleire av kontora har merka eit aukande behov for informasjon og rettleiing grunna nedbygging av skolefagleg kompetanse og kapasitet på kommunenivået.
Utdanningskontora har i 2001 gjennomført tilsyn og ført kontroll med at kommunar og fylkeskommunar overheld regelverk som gjeld opplæring og utdanning. Kontora har handsama svært mange klagesaker som mellom anna gjeld saker om rettane til elevar, lærlingar og lærekandidatar. I samband med forsøksverksemd etter opplæringslova har kontora handsama ei rekkje søknader.
Kontora har ført tilsyn med private skolar, særleg med faglege og økonomiske tilhøve. Talet på private skolar i fylka varierer, og kontora med flest private skolar har ressursar til å gjennomføre tilsyn med ein relativt liten del av skolane kvart år. Auken i talet private skolar vil krevje auka ressursar til tilsyn.
Kontora har også i 2001 hatt viktige oppgåver i samband med den 4-årige handlingsplanen for «Kvalitetsutvikling i grunnskolen og videregående opplæring 2000-2003». I tillegg til fordeling av statlege midlar på grunnlag av godkjende kommunale planar omfattar oppgåvene også rettleiing og sakshandsaming knytt til lokalt utviklingsarbeid i kommunar og fylkeskommunar, også i spørsmål som gjeld IKT i utdanninga. I gjennomføringa av SAMTAK har utdanningskontora i 2001 hatt ei viktig koordinerings- og pådrivarrolle. Kontora har spelt ei viktig rolle i gjennomføringa av handlingsplanen for IKT i norsk utdanning, med særleg vekt på bruk av IKT i opplæringa.
Utdanningskontora har med sin kompetanse medverka til arbeidet i kommunane med vurdering av kvaliteten på opplæringa. Kontora har i 2001 utarbeidd tilstandsrapport for grunnopplæringa i det enkelte fylket. Desse har vore eit viktig grunnlag for den nasjonale tilstandsrapporten for 2001 utarbeidd av Læringssenteret. Utdanningskontora har òg viktige oppgåver i samband med avvikling av eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.
Utdanningskontora har fått delegert ansvar for ei rekkje statlege tilskottsordningar.
Resultatmål for 2003
Som oppfølging av St.meld. nr. 31 (2000-2001) «Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling» vil statens utdanningskontor bli innlemma i fylkesmannsembetet frå 1. januar 2003. I statsbudsjettet for 2002 varsla departementet at ein skulle komme nærare tilbake til spørsmålet om oppgåver i statsbudsjettet for 2003.
Departementet ønskjer å vurdere oppgåvene til utdanningskontora i samanheng med den øvrige statlege utdanningsadministrasjonen, mellom anna i høve til høringsfråsegnene til Kvalitetsutvalet si innstilling og opp mot gjennomgangen av Læringssenteret. Derfor tek departementet sikte på å komme tilbake til dette i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2003. Sjå omtalen av vurderinga av den statlege utdanningsadministrasjonen under kategoriinnleiinga. Departementet legg vekt på å sikre at den kompetansen som finst i dei statlege utdanningskontora blir ført vidare.
På bakgrunn av dette er det ikkje foreslått overført midlar frå kap. 203 til Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett i 2003. Midlane på kap. 203 vil bli stilte til disposisjon for fylkesmannsembeta.
Hovudoppgåvene til utdanningskontora blir førte vidare i 2003. Dei viktigaste oppgåvene er:
informasjon og rettleiing til kommunane, elevar, foreldre og befolkninga generelt
tilsyn, kontroll med at lover blir handheva og klagehandsaming
oppgåver i samband med kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring
medverke til gjennomføring av handlingsplanen «IKT i norsk utdanning Plan for 2000-2003», jf. kap. 248
følgje opp kompetanseutviklingsprogrammet for PP-tenesta og skoleleiarar (SAMTAK)
resultatoppfølging og -rapportering
ansvar for delegerte forvaltningsoppgåver, m.a. tilskottsforvaltning
I tillegg blir dei nasjonale oppgåvene som er lagde til einskilde utdanningskontor, førte vidare.
Statens utdanningskontor vart i 2002 tildelt i alt 10 mill. kroner over kap. 226 post 21 til administrasjon av midlane til kvalitetsutvikling i grunnskolen. Desse midlane vil i 2003 bli nytta til kvalitetsutviklingstiltak i grunnopplæringa, jf. kap. 226.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter er på kap. 3202 postane 02 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Kap. 3203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 4 249 | 1 200 | 1 200 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 838 | 3 688 | 3 832 |
11 | Kursavgifter | 10 141 | 6 767 | 7 031 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 514 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 256 | ||
17 | Refusjon for lærlinger | 92 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 267 | ||
Sum kap. 3203 | 22 357 | 11 655 | 12 063 |
Post 01 gjeld oppdragsinntekter, og post 02 gjeld salsinntekter o.a. ved statens utdanningskontor. Post 11 gjeld inntekter i samband med at utdanningskontora står som teknisk arrangør av kurs og konferansar.
Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 5 465 | 5 395 | 5 600 |
Sum kap. 204 | 5 465 | 5 395 | 5 600 |
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing.
Nytt FUG vart oppnemnt i januar 2000, med sju medlemmer og to varamedlemmer. Funksjonstida for noverande utval går ut 31. desember 2003.
Resultatrapport for 2001-02
Mellom dei viktigaste tiltaka i skoleåret 2001-02 var informasjon til foreldre, «Foreldreaksjonen 2001», «Grunnskolen si veke», seminar for medlemmer av kommunale foreldreutval, prosjekt om samarbeid mellom heim og skole i Oppland og Nordland, prosjekt om heim-skole-samarbeid i lærarutdanninga, arbeid for barn med særskilde behov, arbeid for språklege minoritetar, samt kontakt med nasjonale og internasjonale organisasjonar, styre og råd. Vidare er det under utvikling eit elektronisk foreldrenettverk som tek sikte på å styrkje arbeidet med informasjon og rettleiing til foreldra i grunnskolen.
Resultatmål for 2003
FUG vil også i 2003 arbeide vidare etter dei retningslinjene som er trekte opp i St.meld. nr. 14 (1997-98), jf. Innst. S. nr. 117 (1997-98). I samsvar med formålsparagrafen i grunnskolen skal FUG medverke til eit godt samarbeid mellom heim og skole, og ta hand om interessene til foreldra og dei føresette i samarbeid med skoleverksemda. Arbeidet med «Grunnskolen si veke» vil bli utvikla og ført vidare. Utviklinga av det elektroniske foreldrenettverket held fram. Eit treårig prosjekt som søkjer å nytte den ressursen minoritetsspråklege foreldre representerer, vart sett i gang hausten 2002.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2001. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3204 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Salsinntekter o.a. | 253 | 212 | 220 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 11 | ||
Sum kap. 3204 | 264 | 212 | 220 |
Inntektene på post 02 kjem frå sal av informasjon- og rettleiingsmateriell til foreldre, skolar o.a.
Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Tilskott til Sametinget | 25 938 | 25 687 | 26 689 |
Sum kap. 206 | 25 938 | 25 687 | 26 689 |
Kapitlet omfattar:
driftsutgifter knytte til administrering av opplæringsavdelinga til Sametinget
utgifter til produksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna produksjon av spesialpedagogiske læremiddel i samsvar med godkjend handlingsplan
råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring
Resultatrapport for 2001-02
Sametinget har rådgivingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar og har vore med på møte departementet har hatt med utdanningskontor og skoleeigarar. Sametinget er også sikra deltaking ved tilsynsbesøk i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet.
Sametinget har ført vidare arbeidet med informasjon, kompetanseutvikling, rettleiings- og utviklingstiltak i samband med iverksetjinga av L97 Samisk. Prioriterte oppgåver har vore utvikling og produksjon av samiske læremiddel tilpassa nye læreplanar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, samt rettleiing i vaksenopplæring. Det er vidare utvikla elektroniske læremiddel som er tilgjengelege på nettet. Det er utarbeidd læreplan for reindriftsfaget, og arbeidet med rettleiing for bedriftene er sett i gang. Sametinget har vidare sett på behovet for samisk opplæring utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I denne samanhengen er det peika på problem elevane kan ha med å få slik opplæring.
Resultatmål for 2003
Departementet legg vekt på god kommunikasjon med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til den samiske befolkninga spesielt. Sametinget vil ta del i fellesmøte i statleg utdanningsadministrasjon, og ved høve i møter mellom departementet og andre statlege institusjonar som arbeider med opplæringsspørsmål knytte til samisk skole.
Sametinget skal mellom anna føre vidare desse oppgåvene:
informasjon, kompetanseutvikling, rettleiing og utviklingstiltak i samanheng med iverksetjinga av L97 Samisk
utvikling, kvalitetssikring og produksjon av samiske læremiddel tilpassa nye læreplanar for grunnskolen og vidaregåande opplæring
gi faglege råd og støtte til lærarar som underviser samiske elevar i barnehage, i grunnskolen og i vidaregåande opplæring i og utanfor det samiske kjerneområdet
utvikling av handlingsplanar for spesialpedagogiske læremiddel, samisk del, i samarbeid med Læringssenteret
samarbeid med kommunane og fylkeskommunane om informasjonsverksemda retta mot vaksne med samisk som morsmål om retten deira til grunnskole og vidaregåande opplæring
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2002.
For løyvingar til andre samiske utdanningsformål, sjå omtale under kategoriane 07.20 og 07.40.
Kap. 210 Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70 | Tilskott til trudomssamfunn og livssynssamfunn , overslagsløyving | 86 395 | ||
73 | Tilskott til Norges frikirkeråd | 6 993 | ||
76 | Tilskott til råd for tru og livssyn | 971 | ||
77 | Norges kristne råd | 800 | ||
Sum kap. 210 | 95 159 |
Kap. 210 Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg er overført til Kultur- og kyrkjedepartementet frå 1. januar 2002.
Programkategori 07.20 Grunnskolen og vidaregåande opplæring
Grunnskolen blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane (dvs. rammetilskott og skatteinntekter), mens den vidaregåande opplæringa i hovudsak blir finansiert gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunane. Overføringane gjennom inntektssystemet og gebyrinntekter utgjer over 90 pst. av dei totale inntektene. Dei midlane som blir løyvde over kategori 07.20, går til særskilde tiltak i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa og kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren.
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0221 | Grunnskolen (jf. kap. 3221) | 1 340 400 | 1 887 123 | 1 475 554 | -21,8 |
0222 | Statens grunnskolar og grunn- skoleinternat (jf. kap. 3222) | 52 484 | 41 767 | 43 381 | 3,9 |
0223 | Vidaregåande opplæring | 222 172 | 262 404 | 18,1 | |
0224 | Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring | 323 906 | 266 819 | -17,6 | |
0226 | Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring | 360 268 | 381 818 | 6,0 | |
0228 | Kvalitetsutvikling i grunnskolen | 312 339 | |||
0229 | Andre formål i grunnskolen | 617 064 | |||
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 103 121 | 107 697 | 4,4 | |
Sum kategori 07.20 | 2 322 287 | 2 938 357 | 2 537 673 | -13,6 |
Budsjettforslaget under kategori 07.20 utgjer om lag 2 538 mill. kroner. Det er ein reduksjon på om lag 400 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 229,5 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Kapittel- og poststrukturen under programkategori 07.20 vart endra i samband med statsbudsjettet for 2002, sjå St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3221 | Grunnskolen (jf. kap. 221) | 30 095 | 46 388 | 41 243 | -11,1 |
3222 | Statens grunnskolar og grunn- skoleinternat (jf. kap. 222) | 3 463 | 350 | 364 | 4,0 |
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 5 951 | 6 181 | 3,9 | |
Sum kategori 07.20 | 33 558 | 52 689 | 47 788 | -9,3 |
Budsjettforslaget for kategori 07.20 utgjer om lag 48 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002.
Kapittel- og poststrukturen under programkategori 07.20 vart endra i samband med statsbudsjettet for 2002, sjå St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Mål: Heve kvaliteten i grunnopplæringa og gi alle likeverdige moglegheiter til å utvikle kunnskapar, dugleik, verdiar og haldningar
Det 13-årige opplæringsløpet skal gjere eleven og lærlingen kvalifisert til anten vidare studiar eller utøving av eit yrke, og motivere for vidare læring gjennom heile livet. Løpet består av 10-årig grunnskole og 3-årig vidaregåande opplæring, eventuelt to år i skole og to år i bedrift i fagopplæringa.
Tilstandsvurdering
Ressursar
I skoleåret 2001-02 var det registrert 588 521 elevar i ordinære offentlege grunnskolar. Talet på elevar i grunnskolen har stige i dei siste åra, og veksten siste år var på drygt 1,4 pst. Til tross for dette held gjennomsnittleg elevtal per klasse seg stabilt. I fylkeskommunal vidaregåande opplæring var det 153 902 elever og 29 623 lærlingar skoleåret 2001-02, ein nedgang på 1,0 pst. og 1,1 pst. frå skoleåret før.
Elevar og lærlingar, klassar og skolar i ordinære kommunale og interkommunale grunnskolar og i vidaregåande opplæring, 1998-99 til 2001-02
Nivå | 1998-99 | 1999-00 | 2000-01 | 2001-02 |
---|---|---|---|---|
Grunnskole | ||||
Elevar | 559 523 | 570 695 | 580 208 | 588 521 |
Klassar | 28 106 | 28 482 | 28 820 | 29 074 |
Skolar1) | 3 203 | 3 188 | 3 168 | 3 147 |
Elevar per klasse | 19,9 | 20,0 | 20,1 | 20,2 |
Vidaregåande opplæring | ||||
Elevar | 164 078 | 160 244 | 155 440 | 153 902 |
Skolar | 560 | 537 | 520 | 503 |
Lærlingar | 32 350 | 31 446 | 29 945 | 29 623 |
1)Fylkeskommunale og private skoler
Kilde: SSB (GSI 2001 og KOSTRA)
I tillegg til dette går 10 500 elevar ved 96 ordinære private grunnskolar. Dette er ein vekst på 6,7 pst. frå året før, og desse elevane utgjer no 1,8 pst. av alle elevane i grunnskolen i Noreg. Det går om lag 8 000 elevar ved ordinære private vidaregåande skolar, og i tillegg 3 000 elevar ved private vidaregåande skolar som ikkje har parallellar i det offentlege skoleverket. Sjå kap. 240 post 70 for meir informasjon om dei private skolane.
Talet på offentlege grunnskolar er redusert i perioden 1997-98 til 2001-02. Dette er fordi fleire små skolar er lagde ned. I 2001 vart det lagt ned 26 skolar og oppretta 11 nye. Om lag halvparten av elevane går i dag i skolar med meir enn 300 elevar, og gjennomsnittleg skolestorleik er stigande. Dei fleste skolenedleggingane er reelle i den forstand at dei ikkje var resultat av samanslåingar eller anna form for samorganisering. Ifølgje utdanningskontora skyldast dei fleste reelle nedleggingane økonomiske og pedagogiske forhold knytte til eit svært lågt elevtal. I mange av tilfella har foreldra sjølve bedt om at elevane blir flytta til ein større skole med eit større sosialt og pedagogisk miljø.
Årsverk per elev i ordinære kommunale og interkommunale grunnskolar og i vidaregåande opplæring, 1998-99 til 2001-02.
Nivå | 1998-99 | 1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 |
---|---|---|---|---|
Grunnskole | ||||
Elevar per lærarårsverk | 11,34 | 11,47 | 11,56 | 11,58 |
Elevar per assistentårsverk | 155 | 144 | 138 | 137 |
Vidaregåande opplæring | ||||
Elevar per lærarårsverk | 7,51 | 7,66 | 7,40 | - |
Kilde: SSB (GSI 2001 og KOSTRA)
Talet på elevar per lærarårsverk i grunnskolen har halde seg stabilt på om lag 11,5 i dei seinare åra, mens bruken av assistentar er utvida. Talet på elevar per lærarårsverk i vidaregåande opplæring har gått ned. Dette kjem mellom anna av at andelen på yrkesfaglege studieretningar har auka. Det er færre elevar i klassane på yrkesfaglege enn på allmennfaglege studieretningar.
Tilleggstimar i ordinære kommunale og interkommunale grunnskolar, som prosenttillegg til minstetimetalet1)
1998-99 | 1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 | |
---|---|---|---|---|
Spesialundervisning | 22,2 | 22,1 | 21,9 | 21,2 |
Delingstimar | 24,2 | 23,0 | 23,0 | 22,9 |
Andre timar2) | 33,6 | 32,4 | 32,3 | 32,7 |
Tilleggstimar i alt | 80,0 | 77,5 | 77,2 | 76,8 |
1)Minstetimetalet er det undervisningstimetalet ein elev etter læreplanen har rett til.
2)Andre timar omfattar mellom anna timar til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring, timar til finsk, samisk og avtalebaserte årstimar.
Kilde: SSB (GSI 2001)
Tilleggstimar seier noko om kor mange lærartimar kommunane bruker i skolen ut over minstetimetalet. I dei seinare åra har minstetimetalet i grunnskolen stige fordi talet på klassar har gått opp, særleg på ungdomstrinnet. Bruken av delingstimar og timar til spesialundervisning per elev har samla gått noko ned. Det er samstundes ein aukande tendens til å flytte ressursar frå spesialundervisning etter enkeltvedtak til fleire delingstimar i klassane. Dette er ei ønskt utvikling.
I OECD-publikasjonen Education at a Glance frå 2001 er ressursinnsatsen per elev i grunnskolen i ulike land samanlikna. Danmark merkjer seg ut som det landet som bruker mest ressursar på grunnskolen, mens Noreg ligg på femteplass av dei 25 landa som svarte i undersøkinga.
Resultata frå Education at a Glance og forskingsprosjektet PISA (OECD Programme for International Student Assessment) gir ingen indikasjonar på at meir ressursar fører til betre faglege resultat blant elevane. Landa som har dei beste faglege resultata, har fleire eller like mange elevar per lærarårsverk som gjennomsnittet for OECD. Noreg har høgre kostnader per elev enn dei landa som gjer det best i PISA-undersøkinga, samtidig som norske elevar berre presterer gjennomsnittleg i ein del sentrale fag. Kunnskapen om samanhengen mellom resultat og ressursinnsats er generelt for liten. Dette gjeld for både grunnskole og vidaregåande opplæring.
Det har vorte hevda at den høge ressursinnsatsen per elev i Noreg har si årsak i geografiske forhold, og at skoledrifta i grisgrendte kommunar er svært kostbar. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser imidlertid at det samla talet på elevar i små kommunar er så lågt at dei høge gjennomsnittskostnadene per elev i Noreg i liten grad kan forklarast med høge utgifter i grisgrendte kommunar. Gjennomsnittskostnaden per grunnskoleelev i dei fem største bykommunane ligg i underkant av 3 pst. under gjennomsnittet på landsbasis. Verken forholda i grisgrendte strøk eller bykommunane kan forklare den høge ressursinnsatsen per elev i Noreg.
Sett samla har ressursinnsatsen per elev og lærling i vidaregåande opplæring auka frå 1990-åra og fram til i dag. Talet på elevar har gått ned med om lag 15 pst. etter 1994, utan at dei utgiftene fylkeskommunane har til vidaregåande opplæring, er redusert tilsvarande.
Læringsutbytte og faglege prestasjonar i grunnskolen
Noreg tek del i fleire internasjonale undersøkingar for å kartleggje elevane sitt utbytte av opplæringa. Karakterane elevane oppnår ved avslutta opplæring, gir i seg sjølv ikkje innsikt i kva for mål i læreplanane elevane har oppnådd. Sidan karakterane tidlegare vart fastsette ut frå ei tilnærma normalfordeling, seier dei heller ikkje noko om kunnskapsnivået i dag, samanlikna med nivået for 5-10 år tilbake.
PISA-prosjektet samanlikna kompetansen til 15-årige elevar innanfor lesing, matematikk og naturfag. Undersøkinga viser at norske barn ligg rett under OECD-gjennomsnittet når det gjeld lesing, og klart bak Sverige og Finland. Mangel på leseinteresse hos gutar er særleg urovekkjande. Noreg er blant dei landa der lesedugleiken blant elevane varierer mest.
Ei undersøking utført av Senter for leseforsking viser at lesedugleiken blant elevar i 7. klasse er gått ned. Nedgangen er ikkje dramatisk, men det er no både fleire dårlege og færre gode lesarar enn i 1994.
PISA-undersøkinga viser at norske elevar ligg om lag på gjennomsnittet for OECD når det gjeld dugleik i matematikk og naturfag, og bak dei andre nordiske landa, som alle presterer signifikant høgre enn gjennomsnittet.
Ei undersøking blant meir enn 90 000 ungdommar frå 28 land, Civic Education Study, viser at norske 14-åringar i høve til andre land har gode kunnskapar om kor viktig det er med lover, politiske rettar og demokratiske institusjonar, medan elevane i mindre grad ønskjer å engasjere seg politisk. Støtte til politiske rettar for kvinner står særleg sterkt blant norske elevar.
Læringsutbyttet for elevane må sjåast i samanheng med elevane sine læringsstrategiar og med omfang av uro i skolen, jf. omtale under lærings- og oppvekstmiljø. Resultata frå PISA-prosjektet viser også at Noreg ikkje har lykkast med å jamne ut effekten av foreldra sin kulturelle bakgrunn og elevane sine sosiale nettverk på skoleresultata til barna. Dette er noko overraskande sidan tanken om einskapsskolen står sterkt i Noreg. Undersøkinga viser òg at norske elevar i høve til elevar i andre land har dårlege læringsstrategiar. Det vil seie at elevane sine evner til å knytte ny kunnskap til eksisterende kunnskap, og deira evne til å gjere seg bevisst resultata av si eiga læring, er svake.
Skolen er ikkje komme langt nok i å tilpasse opplæringa i høve til det breie spekteret av ulike behov og føresetnader blant elevane. Den er heller ikkje fleksibel nok til å ivareta behova fullt ut verken for elevar som føler at skolen er for teoritung, eller for elevar som treng meir å strekkje seg etter. Vi har mangelfull kunnskap om kva for effektar spesialundervisning har på læringsutbyttet. Det er store lokale variasjonar i omfanget av spesialundervisning. Dette skuldast truleg ulike pedagogiske strategiar og kompetanse i høve til tilpassa opplæring. Frå forskingshald er det peika på at enkeltvedtak om spesialundervisning kan bli brukt strategisk til å skaffe ekstra ressursar. Det har òg vore hevda at skolar har hatt ein tendens til å fokusere på vanskane til elevane, framfor på deira mestringspotensial.
Faglege resultat, rekruttering, gjennomstrøyming og fråfall i vidaregåande opplæring
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 95 pst. av dei som avslutta grunnskolen i skoleåret 2001-02, gjekk rett over i vidaregåande opplæring. For minoritetsspråklege elevar er talet 90 pst.
Andelen elevar på yrkesfaglege studieretningar har auka etter 1994 og fram til 2001-02. Søking til yrkesfaglege studieretningar er også høg for skoleåret 2002-03. Om lag halvparten av elevane begynner på yrkesfaglege studieretningar. Dette er god rekruttering i internasjonal samanheng. Dei nye studieretningane medier og kommunikasjonsfag og sal- og servicefag er vorte populære. Samstundes sviktar rekrutteringa til fleire andre yrkesfag. Dette gjeld mellom anna ein del handverksfag, industrifag og helse- og sosialfag. I tillegg er den skeive fordelinga mellom jenter og gutar på dei yrkesfaglege studieretningane eit problem. Mellom anna er 90 pst. av elevane på helse- og sosialfag jenter, medan det eksempelvis er over 95 pst. gutar på byggfag og mekaniske fag.
Eit enkelt uttrykk for at elevane lykkast i vidaregåande opplæring, og at dei finn opplæringa tilstrekkeleg attraktiv, er at dei fullfører. Rapporten «6 år etter» frå Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU 2002) viser at om lag 80 pst. av elevane med rett til vidaregåande opplæring som begynte i vidaregåande opplæring i 1994, fullførte. Av dei som fullførte, var det 55 pst. som oppnådde studiekompetanse og om lag 25 pst. som oppnådde yrkeskompetanse. Dei resterande 20 pst. oppnådde kompetanse på eit lågare nivå, og av desse slutta halvparten før dei hadde vore i vidaregåande opplæring i tre år. Av dei som ikkje hadde rett til vidaregåande opplæring, oppnådde om lag 50 pst. anten studiekompetanse eller yrkeskompetanse i løpet av seks år.
Det er større fråfall på yrkesfaglege enn på allmennfaglege grunnkurs. Våren 2000 fullførte berre 73 pst. av elevane det yrkesfaglege grunnkurset dei hadde starta på (SSB).
Forsking viser at språklege minoritetar i gjennomsnitt har svakare skoleprestasjonar og dårlegare gjennomstrøyming enn det totale gjennomsnittet i vidaregåande opplæring. Blant 21-åringar i 1999 hadde 76 pst. av majoritetsungdommane oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, mens dette berre gjaldt 39 pst. av innvandrarungdom i første generasjon med ikkje-vestleg bakgrunn (NIFU 2001). Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn har framleis vanskelegare for å bli formidla til læreplassar enn dei andre elevane, sjølv når dei har gode karakterar.
Testar frå Norsk Matematikkråd av forkunnskapane til studentane, viser eit kontinuerleg fallande kunnskapsnivå i matematikk sidan 1982. Resultata i 2000 og 2001 viser at det generelt står dårleg til med startgrunnlaget i matematikk til nye studentar i realfaglege studium. Spesielt svak er kompetansen i matematikk hos studentar som tek til i lærarutdanninga. Det kan sjå ut til at generell studiekompetanse frå vidaregåande opplæring ikkje er eit godt nok grunnlag for høgre utdanning. Universitet og høgskolar må arrangere forkurs, sommarkurs o.l. for å bøte på mangelfull kompetanse.
Skoleleiing og lærarar
Fleirtalet av dagens skoleleiarar har ikkje formell leiarutdanning, og det er behov for å styrkje kompetansen og auke handlingsrommet deira. Dette viser ei undersøking om arbeidsforholda til skoleleiarane i grunnskolen som er, utført av Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling. Mange institusjonar tilbyr i dag vidareutdanning i leiing, og her er lærarar og leiarar i opplæringssektoren ei sentral målgruppe.
Viktige grunner til dette er auka lærarlønn, endra arbeidstidsavtale for lærarar og mange nyutdanna lærarar. Talet på søkjarar til allmennlærarutdanninga steig med ni pst. frå hausten 2001 til hausten 2002. Det er for få mannlege lærarstudentar og lærarar, spesielt i grunnskolen. Vidare er rekrutteringa av allmennlærarar med minoritetsbakgrunn framleis for lav.
Det vil bli fleire elevar i vidaregåande opplæring og eit stigande behov for lærarar i åra som kjem. Samtidig er gjennomsnittsalderen til lærarane høg, og mange vil snart nå pensjonsalderen. Rekrutteringa av lærarar i matematikk, fysikk, det andre framandspråket og i enkelte av yrkesfaga til vidaregåande opplæring er dårleg.
I skoleåret 2001-02 hadde 95 pst. av lærarane i grunnskolen godkjend utdanning.
Tilstandsrapportar frå utdanningssektoren viser at kompetanseutviklinga i grunnskolen i 2001 var meir skolebasert og retta inn mot det daglege arbeidet til lærarane enn tidlegare. Dette er positivt. Skoleeigar har hovudansvaret for kompetanseutviklinga i skolen, i tillegg blir det gitt eit statleg bidrag som ei ekstra støtte til den kommunale satsinga. Rapportar viser at det statlege bidraget til kompetanseutvikling i 2001 i for liten grad har ført til etter- og vidareutdanning i dei prioriterte faga (engelsk, matematikk og naturfag). Framleis er det også svært få lærarar som ved hjelp av statstilskottet, har hatt permisjon for vidareutdanning eller hospitering. Omfanget av kompetanseutvikling i kommunane har med andre ord ikkje auka så mykje som auken i statstilskottet la til rette for. Departementet arbeider med å målrette midlane betre, jf. kap. 226.
Vidareutdanning i pedagogisk bruk av IKT er eit prioritert område. Hausten 2002 startar kurstilbodet LærarIKT. Kurset er retta mot lærarar med liten eller ingen kompetanse i pedagogisk bruk av IKT i opplæringa. Målet for satsinga til departementet er at 40 000 lærarar skal ha gjennomgått grunnleggjande etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT. Sommaren 2002 hadde om lag 12 500 lærarar meldt seg på kurset. I tillegg blir det gjennomført andre tilsvarande kurs. 19 høgskolar og universitet medverkar i gjennomføringa av kursa.
I vidaregåande opplæring er prosjektet «Differensiering og tilrettelegging» ført vidare. Prosjektet er sett i gang på alle dei vidaregåande skolane med eit eller fleire prosjekt, og dreier seg primært om å auke kompetansen lærarane har i tilpassa opplæring med varierande arbeidsmåtar og endra strukturar. Prosjektet blir avslutta våren 2003. Det er også gjennomført etterutdanning knytt til innføring av nye studieretningar. Samtidig som det er rapportert behov for kompetanseutvikling på nokre fagområde, er det mindre aktivitet når det gjeld instruktørar.
Lærings- og oppvekstmiljø
Undersøkingar av læringsmiljøet i skolen viser at trivselen til elevane er høg, men at det er mykje bråk og uro i skolekvardagen. I den nettbaserte undersøkinga «Elevinspektørene - elevenes skolevurdering» seier over 75 pst. av elevane i ungdomsskolen og vidaregåande opplæring at dei trivst godt på skolen og i klassen. Samstundes viser PISA-undersøkinga at Noreg er blant dei landa som har minst disiplin og mest uro i ungdomsskolen. Elevane seier i undersøkinga at kvardagen i skolen ofte er prega av støy og manglande respekt for læraren, og at mykje tid går med til å roe ned klassen. Også andre undersøkingar stadfester at uro ofte forstyrrar undervisninga. Dette er ikkje alvorleg som einskilde hendingar, men når uro dominerer, øydelegg det læringsmiljøet. Det er nødvendig å setje i verk tiltak både for å hindre uro og for å motverke meir alvorleg problemåtferd. Dette er først og fremst ansvaret til skolen og skoleeigaren, men sentrale styresmakter vil også gi bidrag.
Undersøkingar om arbeidsmiljø frå Statistisk sentralbyrå viser at færre lærarar opplever eit dårleg forhold mellom tilsette og elevar i 2000 enn i perioden 1989-96. Samstundes seier fleire lærarar no enn før at dei er utsette for vald eller truslar om vald.
Tal frå nyare undersøkingar viser ei lita auke i talet på elevar som er involverte i mobbing i grunnskolen (frå 15 til 17 pst.). Talet på elevar som er innblanda i meir alvorleg og hyppig mobbing, har auka meir (Olweus 2001). Det generelle biletet er at det samla omfanget av problemåtferd i grunnskolen stig svakt med klassetrinna fram til ein topp på ungdomstrinnet, for deretter å gå tilbake i vidaregåande opplæring.
Lærarane og skoleleiarane er den viktigaste ressursen i arbeidet med læringsmiljøet i skolen. Skoleeigarar og skolar ønskjer statleg innsats i arbeidet med å motverke problemåtferd. Dei ønskjer informasjon og rettleiing om modellar og tiltak som gir positive resultat, og om arenaer for deling av erfaringar og kompetanseutvikling.
Det er nødvendig med tiltak som kan sikre ei betre integrering av foreldre med minoritetsbakgrunn i skolesamfunnet. Tiltaka skal rettast spesielt mot mødre med svake norskkunnskapar. Departementet starta derfor i 2002 det 3-årige prosjektet «Minoritetsspråklige foreldre - en ressurs for elevenes opplæring i skolen» i samarbeid med FUG, jf. kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen.
Ei nasjonal evaluering av skolefritidsordninga (SFO) vart lagd fram våren 2002. Den viser mellom anna at aktiviteten i SFO i hovudsak er frileik og aktivitetar som barna sjølve har teke initiativ til. Dei fleste foreldra seier at dei er nøgde med tilbodet. Foreldra til barn med særskilde behov er likevel mindre nøgde. Undersøkinga viser også at barna trivst i fritidsordninga.
Det fysiske læringsmiljøet er også ein viktig faktor for at elevane skal få godt utbytte av opplæringa. Dette gjeld skolebygg, inneklima og uteområde. Kommunesektoren har ansvaret for både vedlikehald, opprusting og utbygging av skoleanlegg. For å styrkje dette arbeidet vedtok Stortinget i 2002 ei statleg finansieringsordning der kommunar og fylkeskommunar skal få kompensert renteutgifter knytte til nybygg, rehabilitering, opprusting og utbetring av skoleanlegg. Ordninga gjeld anlegg som er ferdigstilte etter 1. januar 2002. For 2003 er låneramma 1 mrd. kroner. Løyvinga skjer over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Læringssenteret har etablert ei rådgivingsteneste for nybygg, rehabilitering og opprusting av skoleanlegg. Tenesta skal formidle råd om mellom anna arealplanlegging, inneklima, miljøvennlege bygg, energiøkonomisering, arkitektur/estetikk og pedagogiske løysingar i samarbeid med aktuelle fagmiljø som SINTEF, Byggforsk og Norsk Form.
Undersøkinga «IKT i skolen» som Norsk Gallup Institutt AS gjorde for departementet i 2002, viser at infrastruktur, maskinar, tilgang til Internettet og programvare er lagde godt til rette for pedagogisk bruk av IKT i opplæringa. I vidaregåande opplæring er det 3,5 elevar per datamaskin, og 97 pst. av skolane seier at elevane har tilgang til IKT-utstyr i skoletida.
Internasjonalt samarbeid
Noreg har i 2002 formannskapet i Nordisk ministerråd. I det nordiske skolesamarbeidet under Nordisk Ministerråd har formannskapet prioritert fire tema: morgondagens skole, entreprenørskap, livslang læring og verdiar i opplæringa. Det er lagt til rette for nordisk erfaringsutveksling og idéutvikling på desse områda gjennom publikasjonar og konferansar.
Noreg tek også aktivt del i dei europeiske utdanningsprogramma SOKRATES og LEONARDO DA VINCI. Comenius er ein del av SOKRATES og støttar prosjektsamarbeid, mobilitet og nettverk mellom europeiske skolar, samt utvikling av etterutdanningstilbod for lærarar, jf. Kap. 281. LEONARDO DA VINCI styrkjer mellom anna mobiliteten innanfor fagopplæringa og utviklingsprosjekt som fremme ny kunnskap. Frå 1. august 2001 har Noreg teke del i EUROPASS, ei ordning tilknytt LEONARDO DA VINCI. EUROPASS gir dokumentasjon av praksis i EØS-området som del av yrkesutdanninga, og er utvikla for å auke mobiliteten innanfor programmet ytterlegare.
I 2002 har departementet styrkt den internasjonale orienteringa innanfor yrkesopplæringa ved å utvikle bilateralt samarbeid med søkjarlanda til EU innanfor tilsvarande rammer som for LEONARDO DA VINCI, jf. kap. 223.
Strategiar
Kvalitetsvurdering
Regjeringa sette hausten 2001 ned eit offentleg utval, «Kvalitetsutvalet for modernisering av rammevilkåra for grunnopplæringa », som har fått i oppdrag å vurdere struktur, innhald og organisering i heile grunnopplæringa. Utvalet skal mellom anna gjere greie for, analysere og vurdere noverande grunnopplæring med omsyn til innhald, kvalitet og organisering. Utvalet skal òg foreslå tiltak som på kort og lang sikt kan medverke til betre samanheng i grunnopplæringa, og at opplæringa ivaretek kompetansebehovet til den enkelte, arbeidslivet og samfunnet. Hovudinnstillinga skal liggje føre i april 2003.
Kvalitetsutvalet la fram ei delinnstilling 14. juni 2002, «Førsteklasses fra første klasse» (NOU 2002:10), med forslag til eit rammeverk for eit nasjonalt kvalitetssystem av norsk grunnopplæring. Utvalet legg vekt på at god kunnskap om både resultat, prosessar og rammefaktorar er føresetnaden for ei kontinuerleg forbetring av kvaliteten i grunnopplæringa. Innstillinga har vore på høring. Departementet tek sikte på ei rask handsaming av forslaga i innstillinga og høringsuttalelsane.
Som ein del av moderniseringsprogrammet til Regjeringa har departementet sett i gang eit arbeid innanfor grunnopplæringa. Dette arbeidet skal mellom anna følgje opp forslaga i delinnstillinga til Kvalitetsutvalet. Ein vil mellom anna greie ut og foreslå tiltak som kan gi informasjon om elevane sitt læringsutbytte, læringsmiljø og læringsressursar. Tiltaka skal leggje til rette for informerte avgjersler på alle nivå i skolesystemet, det vil seie å gi informasjon om kvaliteten i opplæringa til foreldre, elevar, lærarar, skoleleiarar, utdanningsadministrasjon og nasjonale styresmakter.
Det er behov for meir systematisk innhenting og bruk av informasjon om læringsutbyttet og læringsmiljøet til elevane, og om bruk av ressursar i skolen. Departementet vil på bakgrunn av m.a. innspill frå høringsinstansane vurdere å utvikle nasjonale prøver. Prøvene vil gi grunnlag for å vurdere utbytte av opplæringa med vekt på kunnskap, dugleik og haldningar. Det er viktig å utvikle verktøy som gjer den einskilde skolen betre i stand til å arbeide med forbetring.
For å oppmuntre til innsats i arbeidet med å auke kvaliteten i opplæringa har departementet i 2002 innført ei prøveordning med påskjønning av skolar som har merkt seg ut. Om lag 900 skolar søkte om å bli bonus- eller demonstrasjonsskole. I 2002 er det oppnemnt 92 bonusskolar og 22 demonstrasjonsskolar. Bonusskolar er skolar som m.a. har drive systematisk utviklingsarbeid og kan vise til gode resultat. Dei som er bonusskolar i 2002, har fått eit tilskott på 50 000 kroner. Demonstrasjonsskolane er skolar som over tid har peika seg ut når det gjeld opplæring i prioriterte fag, betring av læringsmiljøet eller når det gjelder utvikling av skoleanlegg. Dei får 500 000 kroner per år i to år for å informere andre og å ta imot besøk og hospitantar. Midlane skal også kunne brukast til kompetanseutvikling for lærerer. Departementet vil føre vidare ordninga med bonus- og demonstrasjonsskolar i 2003. Departementet vil også vurdere å utvide tilbodet til å omfatte lærebedrifter. Departementet vil også, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, vurdere ein «kvalitetspris» til gode skoleeigarar. Prisen skal delast ut til kommunar eller fylkeskommunar som merkjer seg ut som gode arbeidsgivarar og skoleeigarar. Prisen skal stimulere til målretta arbeid for å heve kvaliteten på opplæringa.
Læringsutbytte og faglege prestasjonar
Departementet ser det som viktig å ta del i internasjonalt arbeid med elev- og lærlingvurdering, først og fremst i Europarådet og EU, der det mellom anna blir arbeidd med å utvikle kriteria for språkkompetanse. Desse tiltaka vil vere til stor nytte for språkopplæringa, og tene som ei felles referanseramme for læreplanar, testar og dokumentasjon i Europa.
Noreg vil halde fram med å ta del i PISA-undersøkinga og i den internasjonale studien Progress in International Reading Study (PIRLS), som ser på lesedugleiken til 9- og 10-åringar. PIRLS vil vere eit verdifullt supplement til PISA. Undersøkinga vil gjere det mogleg å samanlikne lesedugleiken og leseforståinga til 9- og 10-åringar i dag og for 10 år sidan, dvs. før Reform 97 og skolestart for 6-åringar. Dei norske resultata frå PIRLS skal etter planen vere klare i desember 2002, medan dei internasjonale resultata blir offentleggjorde våren 2003.
Eit satsingsområde er å stimulere leseinteressa hos elevane. Departementet vil derfor styrkje kompetansen i bruk av skolebiblioteka.
Noreg vil ta del i TIMSS 2003. Undersøkinga rettar seg mot elevar på 4. og 8. klassetrinn og vil gi eit bilete av kunnskapar i matematikk og naturfag, både faktakunnskapar, evne til resonnement, evne til praktisk problemløysing òg haldningar til faga. Undersøkinga vil og gi eit bilete av fagleg og metodisk vektlegging i undervisninga og av kva som er kjenneteikn for elevar og klassar med høgt prestasjonsnivå. Deltaking i TIMSS vil utfylle informasjonen frå PISA. Dei internasjonale resultata blir lagde fram i 2004.
Hausten 2002 vil departementet leggje fram ein strategiplan for styrking av realfaga. Strategien legg opp til ei brei satsing der heile opplæringsløpet, frå grunnskole- til høgskolenivå, skal sjåast samla. Det vil mellom anna bli foreslått at ein utviklar betre innhald og arbeidsmåtar i faga. Departementet vil stimulere til vidareutdanning i matematikk gjennom stipend til lærarar, jf. kap. 226.
Som ein del av planen er «Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa» etablert frå 1. august 2002 i tilknyting til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Senteret skal ha som hovudoppgåve å leie og koordinere arbeidet med å utvikle arbeidsmåtar og eksempel på læremateriell, medverke til god progresjon og samanheng i heile utdanningsløpet, medverke til informasjon og erfaringsspreiing, samt å byggje opp eit tett nordisk samarbeid innanfor forsking og utviklingsarbeid.
Eit tilsvarande Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa knytt til Universitetet i Oslo vil bli oppretta 1. januar 2003. Prosjektet RENATE (Rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag) ved NTNU blir utvikla til å bli eit nasjonalt senter for kontakt med arbeidslivet om realfag. Senteret skal ha ansvar for kontakten mellom utdanningssektoren og arbeidslivet for å sikre rekruttering til studium i realfag og teknologi, auke talet på kvinner i realfagsstudium og medverke til å dekkje behovet for kompetanse i realfag i arbeidslivet.
Departementet meiner det er behov for å styrkje opplæringa i framande språk. Engelsk er obligatorisk i heile grunnskolen, medan det andre framande språket er tilvalsfag på ungdomssteget. Problemstillingar knytte til opplæringa i det andre framande språket blir mellom anna tekne opp av Kvalitetsutvalet.
Departementet vil utarbeide ein oppdatert kunnskapsstatus når det gjeld tilpassa opplæring, som grunnlag for å vurdere relevante oppfølgingstiltak frå 2003.
For å auke gjennomstrøyminga og hindre fråfall på dei yrkesfaglege studieretningane vil departementet endre regelverket slik at det blir enklare for elevar å gå ut i eit læreforhold direkte etter grunnskolen. Departementet vil òg leggje til rette for at elevane skal kunne velje alternative løp med meir yrkesorientert opplæring. Departementet har oppfordra fylkeskommunane til å prøve ut alternative modellar for opplæringa. Arbeid for å stimulere jenter og gutar til å ta utradisjonelle val er framleis viktig.
Ungdom som ikkje byrjar eller som fell frå i vidaregåande opplæring, er ei gruppe med stor risiko for svak tilknyting til arbeidslivet og vedvarande problem med lav inntekt. Fleire handlingsplanar, rapportar og meldingar strekar under behovet for å styrkje skolens rettleiingsteneste for å fange opp dei dette gjeld, på eit tidleg tidspunkt, jf. kap. 226.
Departementet vil som ein del av tiltaksplanen mot fattigdom, styrkje dei førebyggjande tiltaka for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring, mellom anna gjennom vidareutvikling av oppfølgingstenesta.
Departementet vil vurdere tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring når utgreiinga frå Kvalitetsutvalet ligg føre.
Rekrutteringa av innvandrarungdom til vidaregåande opplæring må aukast, og den delen som gjennomfører og fullfører opplæringa, er altfor låg, både på yrkesfaglege og allmennfaglege studieretningar. Departementet vil arbeide for å styrkje utdannings- og yrkesrettleiinga, og for å betre kompetansen hos lærarar og rådgivarar, både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.
Arbeidet med å betre læremiddelsituasjonen for språklege minoritetar held fram i 2003. Blant anna er nye læremiddel i norsk som andrespråk etter R94 og R97 under utvikling med støtte frå Læringssenteret.
Skoleleiing og lærarar
Departementet ønskjer eit breitt og variert tilbod i kompetanseutvikling for skoleleiarar og lærarar. For å stimulere til kompetanseutvikling i skoleleiing har departementet gitt eit utval av universitet og høgskolar i oppdrag å utvikle praksisnære og fleksible tilbod. Tilboda skal kunne takast i bruk våren 2003. Departementet vil også etablere mastergradsstudier i skoleleiing, jf. kategori 07.60.
Departementet ser som nemnt behov for i større grad å målrette dei statlege bidraga til kompetanseutvikling. Ein vil derfor gi stipend til lærarar for videreutdanning i matematikk og norsk.
Sidan rekrutteringa av allmennlærarar med minoritetsbakgrunn er for svak, vil departementet leggje til rette for at fleire minoritetsspråklege som no arbeider i skolen, skal få tilbod om tilpassa grunnutdanning på grunnlag av ei vurdering av realkompetansen og erfaringa deira.
Arbeidet med rekruttering av menn vil ha høg prioritet. Mellom anna vil nettstaden «menniskolen.no» bli ført vidare, og det vil bli utført forsking om kor vidt det er viktig å ha menn i skolen, jf. omtale under kategori 07.10.
Fleire universitet og høgskolar har på oppdrag frå departementet utvikla nasjonale nett- og skolebaserte tilbod om vidareutdanning i engelsk, matematikk og norsk. Desse tilboda kan også fungere som etterutdanning for lærarar. Tilboda blir gitte frå og med hausten 2002. Tilbod i tysk og fransk er også under utvikling, og desse vil kunne bli tekne i bruk i 2003.
Lærings- og oppvekstmiljø
Eit god læringsmiljø er ein føresetnad for god læring. Eit skolemiljø fritt for mobbing, seksuell trakassering, vald, rasisme og anna krenkjande åtferd er ei klar målsetjing for departementet. Skoleeigar og skoleleiing må arbeide systematisk med å skape eit godt læringsmiljø og motverke problemåtferd og mobbing. Foreldre og elevar må vere med i dette arbeidet. Olweus-programmet er ein landsomfattande innsats mot mobbing og antisosial åtferd i skolemiljøet. Alle kommunane i landet skal i løpet av 2003 få tilbod om å ta del i tiltaksprogrammet til Olweus mot mobbing og antisosial åtferd. Det er også utvikla 7-8 andre program som har vist seg å ha god effekt.
Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i opplæringslova om skolemiljøet. Dette forslaget tek sikte på å medverke til å gi elevane eit betre og tryggare psykososialt miljø og eit sterkare vern mot mobbing, vald, diskriminering og rasisme, jf. Ot.prp. nr. 72 (2001-2002).
Departementet vil bidra til å følgje opp handlingsplanen mot kjønnslemlesting og det treårige nasjonale prosjektet «Omsorg og kunnskap mot kvinneleg omskjering», som starta opp hausten 2001. Arbeid for å hindre tvangsekteskap vil òg bli følgd opp i samarbeid med mellom anna Barne- og familiedepartementet. I samarbeid med fleire departement er det utarbeidd to rettleiingar om seksuelle overgrep. Som oppfølgjng av boka «Samliv og seksualitet -ressursbok for lærere», vart det ved skolestart 2002 sendt ut brosjyrar med informasjon til elevar og foreldre.
Departementet ønskjer å kartleggje om det fylkeskommunale skyssansvaret har innverknad på omfanget av nedlegging av grendeskolar i kommunane. Nordlandsforskning har derfor fått i oppdrag å greie ut samanhengen mellom skoleskyss og skolenedleggingar. Resultata frå denne undersøkinga vil bli nærare omtala i Kommuneproposisjonen for 2004. Ansvaret for skyss av førskolebarn er overført frå fylkeskommunen til kommunen frå 2003. Sidan kommunen betalar refusjon etter persontakst for førskolebarn som blir skyssa av fylkeskommunen, vil ikkje dette ha større økonomiske konsekvensar for kommunane.
Mål: Organisere grunnopplæringa slik at ho gir rom for mangfald og valfridom
Tilstandsvurdering
Forsøksverksemd
Det er viktig at skoleeigar og skolar tek i bruk den handlingsfridommen som faktisk ligg føre i dag. Mykje talar for at handlingsfridommen i mange tilfelle ikkje blir nytta slik meininga er. Skoleleiarane tek i dag for få av dei avgjerslene som gjeld deira eigen skole. Det er eit behov for å endre regelverket med sikte på regelforenkling og auka lokalt handlingsrom. Det store talet på forsøk som no går føre seg, er ein klar indikasjon på dette.
Lokalinitierte forsøk knytte til alternativ organisering av skoledagen og klassedeling og alternative vurderings- og prøveformer er sette i gang på ei rekkje grunnskolar og vidaregåande skolar. Departementet har merkt seg at det er stor lokal interesse for forsøk, og tek dette som eit uttrykk for ønske om større lokalt ansvar for pedagogiske og organisatoriske forhold på skolane.
Per september 2002 var det i gang 343 lokale forsøk, godkjende med heimel i opplæringslova § 1-4. Av desse er 269 grunnskoleforsøk, og 74 er innanfor vidaregåande opplæring. Grunnskoleforsøka fordeler seg på desse hovudområda:
Hovudområde for forsøk i grunnskolen (med heimel i opplæringslova)
Alternative eksamens- og vurderingsformer | 3 |
Fritak for karakterar på ungdomstrinnet | 30 |
Avvik frå reglar om fag- og timefordeling | 67 |
Avvik frå reglane for klasseorganisering | 133 |
Andre forsøk | 36 |
SUM | 269 |
Dei 74 forsøka i vidaregåande opplæring fordeler seg med 58 på alternative eksamens- og vurderingsformer og 16 på strukturforsøk.
Praksis for handsaming av søknader om forsøk er endra. Det blir ikkje gitt avslag på søknader om forsøk på grunn av at forsøket ikkje har nasjonal interesse. Hovudregelen skal vere at brei lokal semje vil bety at forsøk blir innvilga. Frå og med 2002 vart godkjenning i medhald av opplæringslova § 1-4 for dei fleste forsøk i vidaregåande opplæring delegert til Læringssenteret. Godkjenning av grunnskoleforsøk og somme typar forsøk i vidaregåande opplæring er delegert til statens utdanningskontor.
I 2001 inviterte departementet i samarbeid med lærarorganisasjonane kommunar og fylkeskommunar til å gjennomføre forsøk med alternative arbeidstidsordningar. Hovudmålsetjinga med forsøka var å medverke til betre kvalitet på undervisninga. Endra organisering av arbeidstida skulle føre til meir elevkontakt, auka fleksibilitet og betre utnytting av ressursane. Departementet mottok nær 500 søknader om forsøk, og 389 forsøk vart godkjende og sette i gang. Størst interesse var det for ein modell som opphever leseplikta, dvs. talet på timar som den enkelte læraren skal undervise per år. Det var få søknader frå vidaregåande skolar, og spesielt få frå allmennfagleg studieretning. Departementet ønskjer fleire forsøk i vidaregåande opplæring, spesielt i samband med organiseringa av opplæringa.
Mange skolar har både § 1-4 - forsøk og forsøk med alternative arbeidstidsordningar. Særleg gjeld dette ved skolar som har § 1-4 - forsøk med alternative organiseringsmåtar for opplæringa og klassesamansetjinga. I evalueringa av forsøka vil desse to forholda bli vurderte i samanheng.
Entreprenørskap er mellom anna kompetanse for nyskaping, kreativitet og etablering. I 2002 vil det 3-årige prosjektet «Entreprenørskap på timeplanen» bli avslutta. I oktober 2002 vil det bli arrangert ein internasjonal konferanse for å fremme arbeidet med entreprenørskap i utdanning, og stimulere til meir forsking. Her vil mellom anna Nordlandsforskning leggje fram ei evaluering av det norske prosjektet. På om lag 10 stader i landet er det tilbod om eit høgskolestudium i arbeidskunnskap med fokus på entreprenørskap. Studiet er verdifullt for å stimulere til lokal utvikling.
Strategiar
Auka handlingsrom og meir brukarval
Forholdet mellom ressursinnsatsen og læringsresultata i norsk skole gjer at ein bør sjå nærare på om organiseringa av opplæringa, arbeidsmåtane og rammevilkåra elles er dei best moglege. Det høge talet på forsøk peiker i same retning. Departementet vil derfor vurdere effektar av gjeldande finansieringsordning i høve til kvalitet og omstillingsevne i skolen. Vidare vil ein vurdere å foreslå endringar i reglar i lov, forskrift og avtaleverk som bind handlefridommen til skoleeigar, skolen og den einskilde læraren. Mykje tyder på at reglane hindrar omstilling på den einskilde skolen som kan gi elevane eit betre læringsutbytte.
Forskingsresultat frå blant anna Sverige har vist at det er ein positiv samanheng mellom konkurranse frå friskolar og elevprestasjonane i offentleg skole.
Ei uheldig side ved privatskolelova i dag er at skolane ikkje har rett til godkjenning, det er opp til den regjeringa som til kvar tid sit, å avgjere om ein skole får godkjenning. Godkjenningsgrunnlaget er også for snevert ved at tilbodet må vere basert på eit religiøst eller fagleg-pedagogisk alternativ. Regjeringa vil derfor leggje fram ein odelstingsproposisjon med forslag om ei ny friskolelov, som skal erstatte gjeldande lov om private skolar. Lovforslaget vil gi større rom for mangfald og færre avgrensingar enn den lova som gjeld no. Lovforslaget vil innebere:
at det noverande kravet om formål i lova blir erstatta med eit krav om innhald og kvalitet
at det blir innført rett til godkjenning for skolar som oppfyller krava i lova
at retten til godkjenning vil ha som vilkår at godkjenninga ikkje fører med seg vesentlege og langsiktige negative konsekvensar for innbyggjarane i dei kommunane det gjeld
Arbeidet med å fremme entreprenørskap i utdanninga vil bli ført vidare også i 2003. Forsking viser at haldningar til entreprenørskap kjem til i ung alder, og det er viktig med ein strategi for å fremme entreprenørskap i skolen. Fleire departement samarbeider om ei heilskapeleg satsing på entreprenørskap i utdanninga gjennom ein felles handlingsplan.
Kap. 221 Grunnskolen (jf. kap. 3221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 9 902 | 10 046 | 5 992 |
60 | Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg , kan overførast | 21 907 | 17 982 | 10 870 |
61 | Tilskott til institusjonar | 32 618 | 33 798 | 35 049 |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 3 810 | 3 802 | 3 943 |
63 | Tilskott til skolefritidsordningar , kan overførast | 430 056 | 434 915 | 153 203 |
64 | Tilskott til undervisning i finsk | 6 881 | ||
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen | 691 254 | 714 609 | 662 613 |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 24 524 | 29 790 | |
67 | Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar , overslagsløyving | 83 780 | 88 009 | 91 059 |
68 | Det samiske utdanningsområdet , kan overførast | 28 573 | ||
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 546 864 | 512 825 | |
70 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 7 095 | 7 308 | |
Sum kap. 221 | 1 340 400 | 1 887 123 | 1 475 554 |
I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kategori 07.20 i statsbudsjettet for 2002, vart løyvingane under postane 64 og 68 flytta til kap. 224. Post 69 er tidlegare overført frå kap. 229 post 60. For rekneskapstal for denne posten sjå kap. 229. Sjå elles omtale av endringane i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 63 er nedjustert med 116,5 mill. kroner i samband med at tilskottet til skolefritidsordningar er foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003.
Post 65 er oppjustert med 8 mill. kroner i samband med at midlar til grunnskoleopplæringa for asylsøkjarar 16-18 år er overført frå kap. 571 post 60.
Post 65 er nedjustert med 3,9 mill. kroner i samband med forsøk med å gi øyremerkte tilskott som rammetilskott.
Tilskottet til leirskoleopplæring er foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2003.
Post 67 er nedjustert med 0,4 mill. kroner i samband med forsøk med å gi øyremerkte tilskott som rammetilskott.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal medverke til å utvikle grunnskolen i utsette område i Nord-Noreg, og er ein del av verkemiddelordninga, jf. post 60. Løyvinga har i 2001 gått til 70 tiltak i Nordland, Troms og Finnmark. Den noverande verkemiddelordninga gjeld frå 1. august 1998 til 31. juli 2003. Departementet foreslår å avvikle ordninga når perioden er over, jf. omtale på kap. 221 post 60.
Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast
Målsetjing
Verkemiddelordninga har vore retta mot skolar i Nord-Noreg med særskilt stor mangel på kvalifiserte lærarar. Verkemiddelskolar har vore statlege og kommunale grunnskolar i Nordland, Troms og Finnmark der lærarårsverk utførte av lærarar utan godkjend utdanning i gjennomsnitt for dei fire føregåande skoleåra har utgjort 20 pst. eller meir av alle lærarårsverka ved skolen. På verkemiddelskolar har det vore mogleg for lærarar med godkjend utdanning å få eit lønnstillegg på om lag 10 pst., fordi kommunene har fått refundert utlegg til slike lønnstillegg gjennom tilskottsordninga. Verkemiddelordninga kommer i tillegg til dei generelle ordningane med lågare inntektsskatt og nedskriving av studielån for arbeidstakarar i Nord-Troms og Finnmark. Gjeldande ordning vart innført 1. august 1998 for ein periode på 5 år.
Rapport for 2001-02
I skoleåret 2001-02 var 7,1 pst. av alle lærarane i Nord-Noreg utan godkjend utdanning, samanlikna med 5,3 pst. for heile landet. I byrjinga av verkemiddelperioden, i 1998, var delen av ufaglærte lærarar i Nord-Noreg 8,6 pst., medan 5,9 pst. av alle lærarar i heile landet var ufaglærte. Akershus er i skoleåret 2001-02 det fylket som har størst del lærarar utan godkjend utdanning med 9,1 pst. ufaglærte. Finnmark er det fylke med nest størst del lærarar utan godkjent utdanning, medan både Buskerud og Oslo har fleire ufaglærte lærarar enn Nordland. Troms har den sjuande høgste delen ufaglærte lærarar. (Kjelde: GSI).
Departementet har evaluert den noverande verkemiddelordninga. Evalueringa konkluderer med at dei særskilde personretta tiltaka i verkemiddelordninga generelt sett har hatt positiv effekt for lærarsituasjonen i Nord-Noreg. Verkemiddelordninga har auka nyrekrutteringa og redusert avgangen av lærarar med godkjend utdanning. Men denne effekten er kortsiktig. Evalueringa viser at lærarar som søkjer seg til verkemiddelskolar, søkjer seg bort etter at verkemiddelperioden er avslutta. Mange av lærarane som er knytte til ordninga, har i liten grad lokal forankring, og har låg terskel for å flytte frå verkemiddelområdet etter at dei økonomiske fordelane er tekne bort. Dette gjer at ordninga ikkje har den langsiktige effekten ein kunne ha hatt ved bruk av meir lokalt forankra ressursar.
Budsjettforslag for 2003
Gjeldande verkemiddelperiode går ut 31. juli 2003. Behovet for dei verkemiddla som ordninga har gitt rom for, må sjåast i forhold til at kommunane har hatt avgrensa moglegheiter for å påverke rekrutteringa av lærarar sidan lønna til den einskilde læraren har vore heilt og fullt bestemt i sentrale forhandlingar. Ei viktig endring i lønnsfastsetjinga for lærarane i dei siste åra er innføring av noe lokal fleksibilitet, både ved etablering av lokale forhandlingar og ved moglegheit for høgre lønn ved skolar med rekrutteringsproblem.
Kommunar som klarer å betre lærardekninga gjennom betre lønns- og arbeidsvilkår vil kunne falle utanfor ei statleg ordning der tildeling av midlar er basert på bruk av lærarar utan godkjend utdanning.
Departementet foreslår derfor at den statlege verkemiddelordninga for lærarrekruttering opphører etter utløpet av gjeldande periode.
Post 61 Tilskott til institusjonar
Målet med tilskottsordninga er at elevar i institusjonar med heile landet som inntaksområde skal få grunnskoleopplæring utan at dette fører til arbeidskrevjande oppgjer for gjesteelevane.
I skoleåret 2001-02 vart det gitt tilskott til opplæring ved 8 institusjonar fordelt på 5 fylke.
For 2003 vil ordninga bli ført vidare på same nivå som for 2002.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Fjellheimen er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskolen finansierer drifta ved statstilskott, eigenbetaling frå deltakarane og eit bidrag frå Engerdal kommune. Elevtalet ved leirskolen har vore relativt stabilt på litt under 1 000 dei siste åra. I 2001 hadde skolen 1 004 elevar.
For 2003 vil ordninga bli ført vidare på same nivå som for 2002.
Post 63 Tilskott til skolefritidsordningar, kan overførast
Målsetjing
Tilskottsordninga skal medverke til drift av skolefritidsordningar (SFO), slik at barn kan få eit tilbod om omsorg og aktivitet før og etter skoletid i alle kommunar.
Rapport for 2001-02
Hausten 2001 hadde om lag 128 500 småskolebarn plass i SFO. Om lag 4 pst. av desse (5 100) var barn med særskilde behov, og 5 pst. (6 200) var frå språklege minoritetar. Oslo og Akershus hadde den høgste deltakinga i SFO, med om lag 66 pst. av alle elevane i 1.-4. klasse. Lågast oppslutning er det i Nord-Trøndelag, der 38 pst. av alle elevane i 1.-4. klasse hadde plass i SFO hausten 2001. (Kjelde: GSI).
Budsjettforslag for 2003
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er tilskottet foreslått redusert med 217 mill. kroner i 2003. Dette kan føre til høgre brukarbetaling. Da Stortinget behandla Innst. S. nr. 253 (2001-2002), vart det vedteke å innlemme posten i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003. Midlane er overførte til på kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvd midlar til denne ordninga over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, jf. omtale på kap. 571 post 68.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen
Ordninga omfattar tilskott til tre tiltak:
særskild norskopplæring
morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring
opplæring for barn og unge i statlege asylmottak
Målsetjing
Målet med tilskottet til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring er å medverke til at elevar frå språklege minoritetar får opplæring i samsvar med sine evner og føresetnader.
Målet med tilskottet til opplæring av barn i statlege asylmottak er å medverke til at desse barna kan få starte på skolen så snart som mogleg etter at dei er komne til landet.
Rapport for 2001-02
Talet på elevar i grunnskolen som får særskild norskopplæring og morsmålsopplæring, har stige i dei seinare åra. I skoleåret 2001-02 fekk om lag 33 000 elevar særskild norskopplæring, og om lag 19 000 elevar fekk morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. For særskild norskopplæring er dette ein auke på 9 pst., og for morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring er dette ein auke på 1,3 pst. frå skoleåret 2000-01. Talet på barn i statlege asylmottak varierer mykje frå år til år og frå månad til månad ettersom talet på flyktningar endrar seg.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget for 2003 dekkjer tilskott for skoleåret 2002-03. Timesatsen for tilskott til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar er for skoleåret 2002-03 kr 243 per undervisningstime.
Frå skoleåret 2001-02 blir tilskottet utbetalt til kommunane på grunnlag av aktivitet registrert i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) per 1. september kvart år. Tidlegare blei tilskottet utbetalt på grunnlag av eigne rapportar frå kommunane. Endringa i rutinane for utrekning og utbetaling av tilskott er hovudårsaka til at løyvinga er noko redusert i forhold til saldert budsjett 2002.
Tilskottet som blir gitt til opplæring av barn i statlege asylmottak, er for skoleåret 2002-03 kr 53 776 per barn. Tilskottet dekkjer all grunnskoleopplæring, også særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar. Det er i 2003 behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2003-04, jf. forslag til vedtak III nr. 2. Ein foreslår at tilskottet i 2003 også blir gitt til asylsøkjarar 16-18 år, jf. omtale på kap. 254 post 62.
20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvd midlar til denne ordninga over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, jf. omtale på kap. 571 post 68.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Målet med tilskottsordninga har vore å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskoletida.
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at 3 455 klassar og i alt 60 359 elevar hadde planlagt å reise på leirskole i skoleåret 2001/02. Dette utgjer om lag 11 pst. av alle klassane i grunnskolen, noko som tyder på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om eit leirskoleopphald i løpet av dei 10 åra grunnskolen varer.
Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2002 vedtok Stortinget å leggje inn 25 mill. kroner i ramma til kommunane, for å setje dei i stand til å gjere tilbodet om leirskoleopphald gratis for alle. Tiltaket har ein heilårseffekt på 60 mill. kroner. Ot.prp. nr. 94 (2001-2002) «Om gratisprinsippet i grunnskolen» foreslår at det ikkje skal vere høve til å krevje foreldrebetaling. Dette inneber at dersom kommunen arrangerer leirskole, må kommunen finansiere dette utan eigenbetaling frå foreldra.
Da Stortinget behandla kommuneproposisjonen for 2003, vart det vedteke å innlemme tilskottet til leirskoleopplæring i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2003. Midlane er overførte til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 67 Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, overslagsløyving
Kommunane har ansvar for tilboda i musikk- og kulturskolane, og for den lokale realiseringa av «Den kulturelle skolesekken». Ein legg også vekt på å knytte kulturtilboda i skolen sterkare saman med aktivitetane i musikk- og kulturskolane. For å realisere «Den kulturelle skolesekken» er det etablert samarbeid mellom skole- og kultursektoren på alle forvaltningsnivå.
Målsetjing
Målet med tilskottet er å stimulere kommunane til å få fleire elevar til å gå i kommunale musikk- og kulturskolar. Etter opplæringslova § 13-6 skal alle kommunar aleine eller i samband med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i samband med skoleverket og kulturlivet i kommunen.
Rapport for 2001-02
Våren 2002 var det i overkant av 76 000 barn i grunnskolealder som tok del i dette tilbodet, i tillegg til drygt 7 600 førskolebarn og 9 500 over grunnskolealder. Det har vore ein auke i talet på elevar på 8,3 pst. frå 2001.
Budsjettforslag for 2003
Tilskottet blir utbetalt etterskottsvis, dvs. at løyvinga for 2003 dekkjer tilskott for hausten 2002 og våren 2003. Satsen for statstilskottet i skoleåret 2002-03 er kr 74,20 per undervisningstime.
For 2003 vil ordninga bli ført vidare på same nivå som i 2002. Det er i 2003 behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2003-04, jf. forslag til vedtak III nr. 3. Departementet tek sikte på å endre tilskottsordninga frå hausten 2003, slik at den blir meir fleksibel og gir kommunalt handlerom. Målet med ei slik omlegging er å gi tilbod til fleire elevar. Mellom anna vil ein vurdere å gi kommunane moglegheit til sjølve å fastsetje foreldrebetalinga.
20 kommunar er med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som er omfatta av forsøket, så det blir løyvd midlar til denne ordninga over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, jf. omtale på kap. 571 post 68.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane hadde til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Den samla investeringsramma har vorte justert nokre gonger og er fastsett til 5 182,9 mill. kroner.
I St.prp. nr. 1 (1998-99) fekk kommunane siste frist til 31. desember 2000 med å erstatte mellombels lokale med permanente. Departementet har gjennomført ei spørjeundersøking i dei kommunane som hadde elevar i mellombels lokale for å sjekke om desse lokala er erstatta med permanente. Nokre av kommunane hadde ikkje gjennomført tilpassinga som låg til grunn for utrekninga av investeringsramma og har blitt trekte for det. Til saman har desse kommunane fått redusert investeringsramma med 64,9 mill. kroner.
Investeringskompensasjonen for 2003 er basert på ei rente på 7,65 pst. I tråd med tidlegare praksis er den effektive renta på 9-12 månaders statskassevekslar per 1. juli, tillagd ein margin på 0,5 prosentpoeng, lagd til grunn. Løyvingsforslaget for 2003 er noko redusert som følgje av at investeringsramma er redusert.
Post 70 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Målet med tilskottet har vore å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane.
I 2002 er det gitt tilskott til prosjektet «Positivt skolemiljø» i seks fylke. Prosjekta vart gjennomførte i regi av Norsk kulturskoleråd. Midlane har òg gått til andre prosjekt, mellom anna informasjonsarbeid, leiing og kvalitetsutvikling, etterutdanning og utviklingsarbeid, samt norsk musikkskoleorkester.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er tilskottet foreslått avvikla i 2003.
Kap. 3221 Grunnskolen (jf. kap. 221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 30 095 | 46 388 | 41 243 |
Sum kap. 3221 | 30 095 | 46 388 | 41 243 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein legg til grunn at ein del av løyvinga på kap. 221 post 65 blir innrapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på kap. 3221 post 04.
Kap. 222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 52 484 | 41 767 | 43 381 |
Sum kap. 222 | 52 484 | 41 767 | 43 381 |
Kapitlet omfattar:
ventelønn for personale ved avvikla statsinternat
drift av skolen og internatet ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
drift av Longyearbyen skole, Svalbard
kjøp av undervisnings- og internattenester frå Snåsa og Målselv kommunar
Resultatrapport for 2001-02
Grunnskolar for samiske elevar
I tillegg til dei 6 elevane ved internatet gir skolen i Hattfjelldal fjernundervisningstilbod til elevar som hører til heimeskolane. Skolen samarbeider med og gir undervisning til elevar frå i alt 13 kommunar.
Kostnadene per elev, inkludert internatutgiftene, varierer noko mellom skolane. Gjennomsnittskostnad per elev i skoleåret 2001-02 var om lag kr 330 000.
Elevtal ved skolar for samiske elevar
1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 | |
---|---|---|---|
Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal | 15 | 6 | 6 |
Sameskolen i Målselv | 25 | 27 | 24 |
Sameskolen i Snåsa | 29 | 27 | 22 |
Utviklinga i dei seinare åra har vist eit sterkare behov for å sjå verksemda ved desse skolane i samanheng med andre utdanningspolitiske tiltak for den samiske befolkninga. Sjå omtale av dei to samiske vidaregåande skolane under kap. 232.
Longyearbyen skole, Svalbard
I skoleåret 2001-02 hadde skolen 220 elevar, og i det føregåande året 182. Talet inkluderer elevar i vidaregåande opplæring. Skolen har innslag av elevar med framandkulturell bakgrunn og elevar med spesialpedagogiske behov. Skolen har ansvar for leiing av skolefritidsordninga og den lokale kulturskolen.
Auken i elevtalet ved Longyearbyen skole reflekterer aktiviteten i Svalbardsamfunnet som økonomisk sone og forskingsområde. Skolen har behov for nye og utvida lokale, og ei arbeidsgruppe under leiing av Statsbygg har sett nærare på arealbehovet. Byggjeplanane er hausten 2002 til vurdering i departementet.
Resultatmål for 2003
Grunnskolar for samiske elevar
Dei sørsamiske grunnskolane med internat har samla elevar frå fleire område med spreidd sørsamisk folkesetnad.
Målsetjinga med staten sine kjøp av undervisningstenester her er å gi desse elevane opplæringstilhøve som kan vere med og styrkje samisk språk og identitet.
Longyearbyen skole
Departementet vil i 2003 arbeide med å leggje til rette for ei overføring av skoleverksemda til kommunalt ansvarsområde frå årsskiftet 2005/06.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 477 | 350 | 364 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 250 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 736 | ||
Sum kap. 3222 | 3 463 | 350 | 364 |
Post 02 gjeld inntekter frå utleige av hyblar til elevar i vidaregåande skole og utleige til skolefritidsordninga.
Kap. 223 Vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 6 925 | 7 098 | |
60 | Tilskott til landslinjer | 109 800 | 144 351 | |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 25 244 | 26 178 | |
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 6 700 | 6 961 | |
71 | Tilskott til drift av opplæringsråd | 8 039 | 8 353 | |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 37 400 | 40 647 | |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 7 044 | 7 319 | |
74 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 21 020 | 21 497 | |
Sum kap. 223 | 222 172 | 262 404 |
Kap. 223 er tidlegare overført frå kategori 07.30. For rekneskapstal sjå kapitla 231, 234 og 239 under kategori 07.30. Sjå elles omtale av endringane i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 72 er nedjustert med 0,47 mill. kroner i samband med at ansvaret for Aetat utdanning Europa er foreslått overført til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Frå denne posten blir blant anna drifta av Sekretariatet for små og verneverdige fag, møter i opplæringsråda og Rådet for fagopplæring i arbeidslivet finansiert. Andre særlege tiltak knytte til fagopplæringa kan òg finansierast frå denne posten.
Resultatrapport for 2001
Departementet har ein avtale med Håndverksregisteret ved de Sandvigske Samlinger om drift av Sekretariatet for små og verneverdige fag. Sekretariatet vart etablert i 1997. Departementet har vurdert den funksjonen og dei oppgåvene Sekretariatet har hatt. Sekretariatet har mellom anna utarbeidd ein database over det samla utdanningstilbodet for små fag nasjonalt og i Norden og utarbeidd nye kriterium for små og verneverdige fag. Ein viktig del av arbeidet i Sekretariatet er å motivere bedrifter til å ta inn lærlingar, gi råd til lærebedrifter og til dei som søkjer utdanning innanfor dei små og verneverdige faga, samt å finne tiltak for å auke interessa for faga. Departementet meiner at Sekretariatet fungerer etter dei intensjonane Stortinget la til grunn for vedtaket om å etablere Sekretariatet for små og verneverdige fag. I grunngivinga frå komiteen for etablering av Sekretariatet heiter det mellom anna at ein viktig del av arbeidet er å motivere bedrifter til å ta inn lærlingar.
Opplæringsråda er rådgivande for departementet i saker som er knytte til fagopplæring. Aktivitetstilskottet til opplæringsråda var i 2002 på 5,2 mill. kroner.
Resultatmål for 2003
Aktiviteten vil bli ført vidare på om lag same nivå som i 2002. Råda vil leggje særleg vekt på arbeidet med tilbodsstrukturen innanfor yrkesfaglege studieretningar.
Budsjettforslag for 2003
Departementet foreslår at løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 60 Tilskott til landslinjer
Målsetjinga med tilskottsordninga er å sikre elevar eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs. Det er Stortinget som har fastsett dei kursa som har status som landslinjer.
I skoleåret 2001-02 er kapasiteten 1 423 heilårselevplassar. Våren 2002 gjekk 1 140 elevar ved landslinjetilboda. Av desse kom 596 elevar frå vertsfylkeskommunen og 544 elevar frå andre fylkeskommunar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på om lag 80 pst.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som budsjettet for 2002 etter handsaminga av Innst. S. nr. 255 (2001-2002).
Post 62 Læremiddel
I 2000 og 2001 ga staten til saman 200 mill. kroner i tilskott til ei utlånsordning for læremiddel i vidaregåande opplæring. Alle midlane skulle komme elevane til gode i form av reduserte utgifter til læremiddel. Med læremiddel forstår ein trykte og elektroniske læremiddel.
I 2001 omfatta ordninga alle elevar på grunnkurs, VKI og VKII. Midlane vart fordelte til fylkeskommunane og dei statlege og private vidaregåande skolane etter talet på elevar.
Ordninga med tilskott til læremiddel vart avvikla i 2002. Ulempene ved ordninga var at den var ressurskrevjande å administrere, og at den på sikt ikkje ville medverke til nødvendig fornying av bokstammen. I 2003 vil det bli innført eit behovsprøvd læremiddelstipend for unge i vidaregåande opplæring, sjå omtale kap. 2410.
Departementet er kjent med at fleire skolar sel lærebøker som dei har investert i gjennom utlånsordninga. Denne praksisen kan vere i strid med føresetnaden om at alle midlane som er løyvde til dette skal komme elevane til gode i form av reduserte utgifter til læremiddel.
Fylkeskommunane og dei statlege og private skolane må sørgje for at så lenge det er verdiar igjen i utlånsordninga, må desse komme elevane til gode i form av reduserte utgifter til læremiddel.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Målsetjinga med tilskottsordninga er å stimulere skoleeigarane til å gi ekstra språkopplæring til språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.
Våren 2002 utløyste 4 850 minoritetsspråklege elevar/lærlingar tilskott frå denne tilskottsordninga. Av desse var 4 642 elevar ved fylkeskommunale og 80 elevar ved private vidaregåande skolar. I tillegg var 128 elevar ved Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter. For fylkeskommunale og private skolar er dette ein auke på 14 pst. frå våren 2001.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov
Formålet med tilskottsordninga er å kompensere for ekstra arbeid og utgifter bedrifter får med ulike tiltak med tilrettelegging for lærlingar med særskilde behov, og som fører med seg ekstrakostnader som det ikkje er mogleg å dekkje innanfor ordinære tilskott. Tilskottsordninga gjeld berre lærlingar og ikkje lærekandidatar. Lærekandidatar har etter opplæringslova § 4-2 rett til spesialundervisning i samsvar med kapittel 5 i opplæringslova.
Det er i 2001 behandla 101 søknader om ekstraordinært tilskott på til saman 13 mill. kroner. 90 søknader vart innvilga med totalt 7 mill. kroner.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 71 Tilskott til drift av opplæringsråd
Målsetjinga med tilskottsordninga er å medverke til drift av opplæringsråda. Opplæringsråda skal gi departementet råd i spørsmål som er knytte til fagopplæring. Opplæringsråda er òg klageinstans for fagleg fatta vedtak i yrkesopplæringsnemndene. I tillegg medverkar opplæringsråda kontinuerleg i det arbeidet departementet gjer med tilbodsstruktur og læreplanar.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Løyvinga til internasjonale utdanningsprogram omfattar m.a. kontingent til norsk deltaking i internasjonale organisasjonar. Posten kan òg nyttast til andre internasjonale prosjekt som departementet tek del i.
Etter EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU-program og aktivitetar på området utdanning og opplæring, mellom anna SOKRATES, LEONARDO DA VINCI, EUROPASS og aktivitetar som er underlagde CEDEFOP. For nærare omtale av SOKRATES-programmet, sjå kap. 281 post 72. LEONARDO DA VINCI-programmet gjeld yrkes- og profesjonsutdanning på alle nivå.
EUROPASS er ei ordning tilknytt LEONARDO-programmet som gir dokumentasjon av praksis i utlandet som del av yrkesutdanninga og er eit nytt tiltak for å fremme mobilitet innanfor yrkesopplæring mellom land i Europa. Noreg kom formelt med i ordninga i 2000, og ho vart sett i verk i 2001. CEDEFOP er EU sitt utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring.
Målsetjing
Tilskottet skal gå til deltaking i program og aktivitetar med sikte på å styrkje den internasjonale orienteringa i fagmiljø som gir yrkes- og profesjonsutdanning, stimulere til ein auke i utplassering og fremme mobilitet og utveksling av lærlingar, unge arbeidstakarar med fleire, medverke til betre dokumentasjon av og kvalitet i opphalda og utvikle ny kunnskap.
Rapport for 2001-02
Tiltaka i LEONARDO DA VINCI-programmet er i tråd med norske interesser for å utvikle den internasjonale dimensjonen i yrkes- og profesjonsutdanninga. Den norske deltakinga i LEONARDO DA VINCI har vore god. Den har stimulert til internasjonal aktivitet mellom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø og til betre kunnskap i framandspråk.
I 2001 fekk fire prosjekt med norsk koordinator om lag 13 mill. kroner i støtte under LEONARDO DA VINCI-programmet. Noreg tek òg del i prosjekta til andre land. Noreg mottok i tillegg om lag 7,5 mill. kroner frå EU-kommisjonen til utplasserings- og utvekslingsprosjekt. Meir enn 500 personar (unge som tek grunnleggjande utdanning, unge arbeidstakarar, instruktørar, planleggjarar og administratorar) fekk dermed støtte til opphald på frå to veker til tolv månader.
Noreg tek del i EUROPASS og i CEDEFOP på linje med EU-landa. Per 1. august 2002 har det i Noreg blitt skrive ut 318 Europass.
Budsjettforslag for 2003
Den økonomiske ramma for programma blir vedteken av dei styrande organa i EU. Løyving er auka noko i forhold til saldert budsjett for 2002 som følgje av at utgifter til nasjonale ekspertar er inkludert i løyvingsforslaget.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Ordninga omfattar:
United World Colleges (UWC)
franske lycé - eittårig tilbod/treårig tilbod, samt franske hotellfagskolar toårig tilbod
Trollmidlar (skal gi elevar og lærarar moglegheit til å få kunnskap om Frankrikes kultur og språk ved å leggje til rette for korte studieopphald i landet)
tyske stipend
Målsetjinga med tilskottet er å leggje til rette for skolegang/studieopphald i utlandet for at ungdom skal få betre kunnskapar om kultur og språk i andre land, og auka forståing for sin eigen og andres identitet.
I 2001 søkte 113 jenter og 25 gutar til dei 36 plassane ved UWC. Søkertala for 2002 er på 81 jenter og 37 gutar.
Til dei treårige franske lycéa kom det i 2001 inn 76 søknader frå jenter og 13 frå gutar. I 2002 søkte 59 jenter og 22 gutar.
Trollstipend blir delte ut to gonger i året. I 2001 vart totalt 1,8 mill. kroner utdelte.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 74 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Målet med tilskottsordninga er å medverke til at Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) i Fjaler kan gi eit tilbod om International Baccalaureate-eksamen (IB-eksamen).
I 2001 hadde RKNUWC 199 elevar frå 878 land. 29 pst. av elevane kom frå nordiske land, 27 pst. frå andre europeiske land, 4 pst. frå Midtausten, 15 pst. frå Amerika, 14 pst. frå Asia og 11 pst. frå Afrika. Den norske staten finansierte i 2001 om lag 63 pst. av drifta ved skolen, medan dei andre nordiske landa finansierte om lag 23 pst.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på om lag same nivå som i saldert budsjett 2002.
Kap. 224 Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 98 238 | 115 123 | |
61 | Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga | 94 702 | 100 384 | |
62 | Tilskott til seniortiltak i grunnskolen | 43 000 | ||
63 | Tilskott til seniortiltak i vidaregåande opplæring | 42 000 | ||
64 | Tilskott til opplæring i finsk | 7 079 | 7 341 | |
68 | Det samiske utdanningsområdet , kan overførast | 30 938 | 35 712 | |
70 | Tilskott | 7 949 | 8 259 | |
Sum kap. 224 | 323 906 | 266 819 |
Kap. 224 er tidlegare oppretta med midlar overførte frå andre kapittel. For rekneskapstal sjå m.a. kap. 229 under denne kategorien og kapitla 231 og 239 under kategori 07.30. Sjå elles omtale av endringane i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Tilskotta til seniortiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring er foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane og fylkeskommunane frå 1. januar 2003.
Post 01 Driftsutgifter
Resultatrapport for 2001
I 2001 var snautt 50 000 elevar i grunnskolen oppe i eit fag til den skriftlege avgangsprøva i grunnskolen. Det vart i tillegg avlagt snautt 1 000 skriftlege avgangsprøver for vaksne på grunnskolenivå. Det vart utarbeidd skriftlege avgangsprøver med sensorrettleiingar og heldt førehandssensur i dei sentrale faga norsk, norsk som andrespråk, samisk, engelsk og matematikk med eigne prøvesett for vaksne, dessutan avgangsprøve i teiknspråk og morsmål (minoritetsspråk). Til saman vart det utarbeidd oppgåvesett i 63 fag, samt ressurshefte til dei sentrale faga. I tillegg vart det gjennomført karakter- og læringsstøtta prøver i norsk, engelsk og matematikk og i tilvalsfaga tysk og fransk.
Tal på avlagde prøver, eksamensoppgåver og klager i vidaregåande opplæring
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
---|---|---|---|---|
Avlagde prøver | 190 000 | 178 000 | 170 000 | 151 000 |
Eksamensoppgåver | 677 | 770 | 824 | 841 |
Klager | 8 000 | 5 200 | 5 100 | 6 465 |
Kilde: Læringssenteret
Nedgangen i talet på avlagde prøver frå 2000 til 2001 skyldast mellom anna nedgang i elevtalet i vidaregåande opplæring, fleire elevar på studieretninger hvor det ikkje er sentralgitte prøver og nedgang i talet på privatistar.
Endring i prøving av den teoretiske delen av fag- og sveineprøver medverka til ein auke i talet på prøver i lærefaga med 53, frå 198 i 2000 til 251 i 2001. Det blei gjennomført førehandssensur i dei sentrale faga og sensorskolering i om lag 20 fag. Læringssenteret har dessutan handsama 122 klager i samband med den praktiske del av fagprøva.
Resultatmål for 2003
Departementet vil:
utarbeide sentrale prøver/sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar og skolere fagnemnder
gjennomføre sentral sensur og klagebehandling og skolere sensorar
gjennomføre informasjonstiltak overfor statens utdanningskontor, kommunar og fylkeskommunar
gjennomføre arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk
utvikle støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver
gjennomføre analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar
Budsjettforslag for 2003
Ved handsaminga av St.prp. nr. 41 (2001-2002) om eksamen i grunnskolen vedtok Stortinget å halde oppe sentralt utarbeidde avgangsprøver i grunnskolen, jf. Innst. S. nr. 158 (2001-2002). Prøveavgifta for privatistar som melder opp seg til eksamen, og kandidatar som melder seg opp til fag- og/eller sveineprøve etter opplæringslova § 3-5, er foreslått ført vidare, sjå forslag til vedtak IV nr. 1.
Post 61 Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at innsette/frigitte som ikkje har fullført grunnskolen, kan få undervisning på grunnskolenivå, og at dei som har rett til eller ønskjer det, kan få vidaregåande opplæring. På grunn av at mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er ofte kompetansegivande kurs i høve til læreplanar ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit reelt opplæringstilbod, er det også eit mål å gi kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Rapport for 2001
Det blir gitt opplæring i 34 av 42 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet. Talet på elevplassar totalt har stige noko, frå 810 i 1996 til 879 i 2001, men delen elevplassar innanfor grunnskoleopplæringa har gått noko ned i same periode. Det vart avlagt 815 eksamenar i 2001 mot 830 i 2000. Det er fleire som teiknar lærlingkontraktar og som tek teoriundervisning for å få fagbrev som praksiskandidatar i 2001 enn året før. Som i tidlegare år er nesten tre firedelar av elevane i alderen 23-40 år.
Innanfor vidaregåande opplæring har det komme fleire opplæringstilbod i dei siste åra, mellom anna grunnkurs formingsfag, musikk, dans og drama. Samstundes har det blitt etablert fleire korte ikkje-kompetansegivande kurs. Om lag to tredelar av elevplassane er å finne i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag.
I 2001 var 290 lærarar på heil- og deltid engasjert på dette feltet. Kapasitetsutnyttinga var 76 pst., om lag det same som føregåande år. Dette skuldast den ustadige elevmassen. Gjennomsnittskostnaden per elevplass ligg på om lag 135 000, men det er stor variasjon frå skole til skole.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 62 Tilskott til seniortiltak i grunnskolen, og post 63 Tilskott til seniortiltak i vidaregåande opplæring
Hausten 2001 inngjekk departementet ein avtale med lærarorganisasjonane om endringar i arbeidstidsavtalane til lærarane i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Som ein del av denne avtalen er det sett i verk tiltak slik at dei lærarane som er over 58 år, får redusert leseplikt med 6 pst., 1 pst. frå 1. januar 2002 og 5 pst. frå 1. august 2002.
I samband med behandlinga av kommuneproposisjonen for 2003 vedtok Stortinget at tilskotta til seniortiltak skal innlemmast i rammetilskottet til kommunane og fylkeskommunane frå 1. januar 2003. Midlane er overførte til kap. 571 post 60 og kap. 572 post 60 på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.
Post 64 Tilskott til opplæring i finsk
Målet med tilskottsordninga er å stimulere skoleeigarar til å gi elevar og lærlingar med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk. Ordninga skal også medverke til å styrkje lærarane sin kompetanse i finsk.
I skoleåret 2001-02 fekk om lag 1 000 elevar i grunnskolen opplæring i finsk. Dette er ein auke på 5 pst. frå skoleåret 2000-01. Det er gitt 2 studieheimlar for å studere finsk i 2002.
I vidaregåande opplæring vart det våren 2002 gitt opplæring i finsk til 30 elevar. Våren 2001 fekk åtte elevar opplæring i finsk.
Budsjettforslaget for 2003 dekkjer tilskott for skoleåret 2002-03. Det er lagt til grunn ein sats på kr 256 per undervisningstime i grunnskolen og kr 306 per time i vidaregåande opplæring. Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
I 2003 er det behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2003-04, jf. forslag til vedtak III nr 4 og 5.
Post 68 Det samiske utdanningsområdet, kan overførast
Målet med tilskottsordninga er å styrkje den økonomiske evna i kommunane til å gi opplæring i og på samisk, i samsvar med dei rettane som går fram av § 6-2 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk språk og kultur og til å stimulere fylkeskommunen til å gi ekstra opplæring i samisk i vidaregåande opplæring.
Omfanget av opplæringa i og på samisk i grunnskolen har auka med 3-4 pst. per år i dei siste åra. Talet på studieheimlar har vore om lag på same nivå sidan 1999. Våren 2002 fekk totalt 209 elevar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, mot 203 våren 2001. Dei fleste av desse fekk opplæringa i fylkeskommunale skolar.
Budsjettforslaget for 2003 dekkjer tilskott for skoleåret 2002-03. Det er lagt til grunn ein sats på kr 256 per undervisningstime i grunnskolen og kr 306 per time i vidaregåande opplæring. Som følgje av at undervisninga i og på samisk i grunnskolen har auka, foreslår departementet at løyvinga blir auka noko i 2003.
Post 70 Tilskott
Formålet med tilskottsordninga er å fremme ny kunnskap og nye haldningar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Det blir gitt tilskott til landsomfattande tiltak i regi av dei offentlege og frivillige organisasjonane som på ulike måtar medverkar til å nå dei måla som er sette i lova, budsjettet og i læreplanverket.
I 2002 er det gitt tilskott til: Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for udelte og fådelte skolar, Noregs Mållag, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis, Rådet for folkemusikk og folkedans, Stiftelsen Arkivet, International Baccalaureat, Yrkes-OL, Fysikk-, Matematikk- og Kjemi-OL, skoleval, Håndverksregisteret på Maihaugen, stipendiatordning på Maihaugen og ulike andre tiltak.
Budsjettforslaget for 2003 vil dekkje tilskott til dei same mottakarane som i 2002 med desse endringane: tilskott til skoleval går ut, medan tilskott til Den norske bibelbussen AS kjem inn som nytt. Håndverksregisteret på Maihaugen har endra namn til Norsk handverksutvikling. Det blir også gitt tilskott til ulike andre tiltak.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 360 268 | 381 818 | |
Sum kap. 226 | 360 268 | 381 818 |
Kap. 226 er tidlegare oppretta med midlar overførte frå kapitla 228 og 238. For rekneskapstal sjå kap. 228 under denne kategorien og kap. 238 under kategori 07.30. Sjå elles omtale av endringa i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Kapitlet finansierer tiltak på mellom anna følgjande område:
utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering
kompetanseutvikling, utviklingsarbeid
dokumentasjon og analyse som grunnlag for resultat- og kvalitetsvurdering
lærings- og oppvekstmiljø
internasjonalt arbeid
likestilling
Kapitlet finansierer også prosjektretta stillingar i departementet som er knytt til oppfølging av prosjekt under budsjettkapitlet.
Ansvaret for kvalitetsutvikling i grunnskolen og i vidaregåande opplæring ligg i kommunar og fylkeskommunar. Sentrale verkemiddel i dette arbeidet er mellom anna kompetanseutvikling, utviklingsarbeid, forsøk og vurdering, som skal medverke til:
å tilpasse innhald, arbeidsformer og vurdering i opplæringa betre til behovet til den enkelte og til utviklinga i arbeids- og samfunnsliv
å fremme nyskapings- og utviklingsarbeid, mangfald og fleksibilitet i opplæringa
å flytte meir av verksemda frå sentrale til lokale arenaer
å styrkje samvirket mellom skole, arbeidsliv og samfunnet elles
Omtalen nedanfor må sjåast i samanheng med kategoriomtalen og omtalen under kapitla 202, 204, 224, 243 og 248.
Den særskilde statlege satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring er retta mot å gi skoleeigarar og skolar betre høve til å ivareta ansvaret sitt. For å gi skoleeigarar og skolar høve til å samanlikne seg med andre og å kunne vurdere si eiga utvikling over tid, blir det utvikla verktøy for standardisert informasjon lokalt, regionalt og nasjonalt. Skolar, bedrifter og skoleeigarar som viser gode resultat når det gjeld læringsutbytte og arbeidsmiljø, blir synt merksemd. Det blir gjennomført ei brei satsing for å betre opplæringa i basisfaga. Eit utval lærarar får stipend for vidareutdanning i matematikk og norsk, ein nasjonal strategi for styrking av realfaga blir følgd opp, kompetansen i bruk av skolebiblioteka blir styrkt og ulike tiltak for å auke leselysta hos elevane blir sette i verk. I samarbeid med andre departement blir arbeidet for å redusere problemåtferd og uro i skolen, rusproblem, rasisme, diskriminering og seksuell trakassering ført vidare. Departementet vil i 2003 i større grad målrette tiltaka innanfor kvalitetsutvikling i grunnskolen, så som vidareføring av bonus- og demonstrasjonsskolar, kompetanseutvikling i bruk av skolebiblotek og stipend til lærarar.
Resultatrapport for 2001-02
Hovuddelen av løyvinga på kap. 226 er nytta til å finansiere tiltak innanfor kompetanseutvikling. Nokre av desse tiltaka er Kvalitetsutvikling i grunnskolen 2000-2003, Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring, Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisering og Teknologi (PILOT). Vurdering av utbytte av opplæringa, dokumentasjon og analyse som grunnlag for systemvurdering og lærings- og oppvekstmiljø er andre satsingsområde under kap. 226. Fleire av oppgåvene som er finansierte over kap. 226, blir utførte i Læringssenteret, det visast derfor til resultatrapport under kap. 202. Fleire av tiltaka er òg nemnde under tilstandsvurderinga i kategoriomtalen (07.20).
Resultatmål for 2003
Utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering
Departementet vil mellom anna:
føre vidare arbeidet med strukturendringar innanfor vidaregåande opplæring
føre vidare arbeidet med utvikling av nye læreplanar og revisjon av eksisterande planar, samt utvikle rettleiingsmateriell
føre vidare utviklinga av kartleggingsprøver
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Departementet vil mellom anna:
utvikle ordninga med bonus- og demonstrasjonsskolar vidare, vurdere å etablere slik ordning for lærebedrifter og å gi kvalitetspris til skoleeigarar som har peika seg ut
medverke til lokalt utviklingsarbeid og kompetanseutvikling av lærarar, skoleleiarar og instruktørar
gi stipend til inntil 1 000 lærarar for vidareutdanning i matematikk og norsk med vekt på lesing og skriving
følgje opp «Strategi for styrking av realfaga»
styrkje kompetansen i bruk av skolebiblioteka og gjennomføre tiltak for å fremme leselysta hos elevane
medverke til utvikling av pedagogisk bruk av IKT, jf. kap. 248
føre vidare prosjektet «Delt rådgivingsteneste» og vurdere erfaringane
følgje opp opplæringa for språklege minoritetar blant anna gjennom vidareføring av Senter for utvikling av den fleirkulturelle skolen (SEFS) ved Høgskolen i Oslo, og sentralt initiert utviklingsarbeid i samarbeid med Foreldreutvalet for grunnskolen
føre vidare kvalitetsutvikling på det samiske området
føre arbeidet med entreprenørskap i skolen vidare
som del av Regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom betre dei førebyggjande tiltaka for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring m.a. gjennom vidareutvikling av oppfølgingstenesta. Oppfølgingstenesta skal sikre at alle ungdommar som fell frå i overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring, eller i løpet av vidaregåande opplæring, får tilbod om utdanning eller arbeid. Spesielt er det viktig at samarbeidet mellom oppfølgingstenesta og arbeidsmarknadsetaten blir utvikla vidare.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for resultat- og kvalitetsvurdering
Departementet vil mellom anna:
vurdere å opprette ein nasjonal kvalitetsportal som skal leggje til rette for meir systematisk analyse og bruk av statistikk, tilstandsrapportering, forsking, internasjonale undersøkingar og nasjonale kartleggingsprøver med særleg fokus på læringsutbytte, læringsmiljø og rammer for opplæringa
medverke til å styrkje utviklingsarbeidet på området skole- og bedriftsbasert vurdering og føre vidare prosjektet «Elevinspektørene - elevenes skolevurdering»
føre vidare evalueringa av den ekstra satsinga på kvalitetsutvikling og forsøksverksemda i grunnskolen og vidaregåande opplæring
utarbeide ein oppdatert kunnskapsstatus når det gjeld differensiert og tilpassa opplæring
føre vidare deltakinga i internasjonale undersøkingar av læringsutbytte (m.a. PISA, PIRLS, TIMSS)
utvikle og ta i bruk nasjonale kartleggingsprøver i basisfag
føre vidare deltakinga i internasjonalt samarbeid om utvikling av indikatorar
i samarbeid med Noregs forskingsråd initiere ei ny satsing på langsiktig utdanningsforsking som oppfølging av programmet kompetanse, utdanning og verdiskaping (KUV)
Lærings- og oppvekstmiljø
Departementet vil:
arbeide for å styrkje arbeidet med formidling av verdiar og haldningar i skolen
arbeide for å førebyggje og hindre vald, mobbing, rusmisbruk, rasisme, etnisk diskriminering og seksuell trakassering, mellom anna som ledd i oppfølginga av handlingsplanar knytte til barn og unge
støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for å førebyggje og hindre problemåtferd i skolen og å styrkje sosiale kompetansen hos elevane gjennom utviklingstiltak og spreiing av erfaring
medverke til at det blir etablert samarbeid mellom skole- og kultursektor på alle forvaltningsnivå for å utvikle «Den kulturelle skolesekken»
Internasjonalt arbeid
Departementet vil:
føre vidare deltakinga i internasjonalt samarbeid om kvalitetsutvikling av innhald, organisering og gjennomføring av opplæringa
føre vidare samarbeidet med Elevorganisasjonen og Operasjon Dagsverk om internasjonal solidaritet i opplæringa
føre vidare arbeidet med å leggje til rette for internasjonal utveksling og mobilitet innanfor vidaregåande opplæring
Likestilling
Departementet vil:
følgje opp arbeidet med likestilling i grunnopplæringa som nedfelt i «Policynotat om likestilling for utdannings- og forskningsdepartementet 2002-2004»
bidra til at rådgivingstenesta i skolen kan fremme medvitne val av utdanning og yrke uavhengig av kjønn
følgje opp «Veiledning i arbeid med likestilling - Kjekk og pen» med eit prosjekt retta mot å aktualisere og konkretisere likestilling for ungdom, samt gi lærarar enkle verktøy for å inkludere temaet i einskilde fag
følgje opp prosjektet «Operasjon Minerva - jenter og matematikk», jf. kap. 248
Andre oppgåver
Departementet vil mellom anna:
vurdere effektar av gjeldande finansieringsordning i høve til kvalitet og omstillingsevne i skolen og opplæringa
vurdere verknaden av lov, forskrifter og avtaleverk for handlefridommen til skoleeigar, skolen og den einskilde læraren
følgje opp ulike handlingsplanar i samarbeid med andre departement
Budsjettforslag for 2003
Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga på 8 mill. kroner til førebyggjande tiltak retta mot fråfall i vidaregåande opplæring. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Kap. 228 Kvalitetsutvikling i grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 312 339 | ||
Sum kap. 228 | 312 339 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.20 og under kap. 226.
Kap. 229 Andre formål i grunnskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 239 post 01 | 24 806 | ||
60 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 534 852 | ||
62 | Kompensasjon for meirutgifter i samband med mellombels lokale , kan overførast | 52 888 | ||
70 | Tilskott | 4 518 | ||
Sum kap. 229 | 617 064 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.20 og under kapitla 221 og 224.
Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 60 | 99 309 | 103 824 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 812 | 3 873 | |
Sum kap. 232 | 103 121 | 107 697 |
Kap. 232 er tidlegare overført frå kategori 07.30. For rekneskapstal for 2001, sjå kap. 232 under kategori 07.30.
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa:
Post 01 er nedjustert med 0,15 mill. kroner i samband med at midlar til husleige ved Noregs brannskole er overførte til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, kap. 1577 post 01.
Kapitlet omfattar driftsløyvingar og tilskott til:
Statens dykkarskole, Bergen
Statens trafikklærarskole, Stjørdal
Samisk vidaregåande skole, Karasjok
Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea, Moelv
Dei to førstnemnde skolane er utanfor opplæringslova.
Resultatrapport for 2001-02
Felles for skolane er at dei har eit nasjonalt og landsdekkjande ansvar for å gi opplæring på sitt område. I skoleåret 2001-02 har skolane gjennomført den kurs- og opplæringsverksemda som var føresett i planane. På nokre av kursa har det likevel ikkje vore full kapasitetsutnytting i perioden.
Noregs brannskole
Noregs brannskole er overførd frå tidlegare Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til arbeidsområdet under Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 1. januar 2002.
Aktiviteten ved Brannskolen omfattar ei rekkje kurs av varierande lengd, frå eivekes kurs til nivekers kurs og brevkurs. I 2001 omfatta verksemda i alt 3 107 deltakarar fordelte på nærare 100 kurs, inkludert brevkursa.
Etter ein periode med utvikling av nødvendige læremiddel er opplæringa av deltidsbrannpersonell komme i gang som eit pilotprosjekt hausten 2001. For ein nærare omtale av verksemda ved skolen, sjå kap. 1577 og 4577 under Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Statens dykkarskole
I 2001 omfatta verksemda ved Statens dykkarskole grunnkurs, inspeksjonskurs samt diverse kortare kurs - i alt 9 ulike kurs. Kurs for anleggsdykkarar vart ikkje sette i gang i 2001 på grunn av dårleg søking, men kurs vart haldne våren 2002. Kurs for klokkedykkarar vart heller ikkje haldne i 2001. Det har vore ein viss nedgang i kursaktiviteten ved skolen i 2001, men interessa for redningsdykkarkurs tok seg vesentleg opp i 2001 i høve til tidlegare. Talet på elevdagar var 4 063 i 2000 mot 3 106 elevdagar i 2001. I alt var det 79 deltakarar ved dei ulike kursa.
Skolen har teke del i utgreiing om utstyr til klokkedykkarutdanninga. Eit prosjekt for å prøve ut ein ny utdanningsmodell for anleggsdykkarar er avslutta. Formålet med prosjektet var å få erfaring med utplassering av elevar i industrien. Prosjektet gav viktige erfaringar i det vidare arbeidet med ny utdanningsmodell og ny læreplan for yrkesdykkarar.
Statens trafikklærarskole
Ved skolen er det desse tre hovudkategoriane av kurs:
eittårig grunnutdanning for trafikklærarar - kapasitet: 72 elevplassar, utnytta: 67 elevplassar
sekstenvekers kurs for kjørelærarar for tungtransport - kapasitet: 16 elevplassar, utnytta: 12 elevplassar
seksvekers kurs for fagleg leiar - kapasitet 120 elevplassar, utnytta: 91 elevplassar
I 2001 var det i alt 420 elevar ved kursa ved skolen, mot 350 elevar i 2000.
Som ledd i oppfølginga av Innst. S. nr 177 (2000-01) og St.meld. nr. 20 (2000-01) har det frå hausten 2001 vore i gang eit prosjekt ved skolen med sikte på å utvide grunnutdanninga ved Statens trafikklærarskole og gradvis byggje den opp til høgskolenivå, jf. resultatmål nedanfor.
Statens samiske vidaregåande skolar
Ved dei to skolane for samisk ungdom er det sett i gang tiltak for å betre elevrekrutteringa, særleg til dei yrkesfaglege studietilboda ved skolane. I skoleåret 2001-02 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 107 ordinære elevar og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i alt 81 ordinære elevar. Det er også sett i gang tiltak for å betre gjennomstrøyminga av elevar ved dei to skolane.
Som ledd i arbeidet med oppfølging av evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94, sette departementet hausten 2001 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere tilknytingsforma for dei to samiske vidaregåande skolane. Arbeidsgruppa la sommaren 2002 fram ein rapport med tilråding om at dei to skolane for framtida blir knytte til Sametinget, som får ansvaret for drift og innhald i skolane. Rapporten er hausten 2002 send på høring.
Departementet har vurdert nærare den samla ressursbruken i skoleverksemda, og har i samarbeid med styret sett i gang tiltak frå hausten 2002 for oppnå betre ressursutnytting ved skolane. Det er framleis behov for betre rekruttering av kvalifiserte lærarar til dei to skolane, særleg i samisk språk og kulturfag. Dei ekstra økonomiske tiltaka for lærarane blir førte vidare i 2003.
Statens vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk
Talet på heilårselevar ved dei to gjenverande statlege skolane i landbruksfag og naturbruk fordeler seg slik per 1. april 2002:
Talet på heilårselevar fordelt på skolar og fylke
Skole | Fylke | Heilårselevar totalt i 2002 | Heilårselevar frå heimfylket i 2002 |
---|---|---|---|
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea | Hedmark | 71 | 29 |
Ørland meieriskole | Sør-Trøndelag | 5 | 2 |
Det har vore ført forhandlingar med Sør-Trøndelag fylkeskommune om vidare drift ved Ørland meieriskole, men forhandlingane har ikkje ført fram. Etter dette er verksemda ved Ørland meieriskole lagd ned frå 1. august 2002, jf. omtalen i St.prp. nr. 63 (2001-2002).Ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole er det sett i gang eit prosjekt for å styrkje etter- og vidareutdanningstilboda ved skolen, i eit nært samarbeid med bransjen og aktuelle forskings- og høgskolemiljø.
Resultatmål for 2003
Tilknytingsforma for dei gjenverande skolane på dette kapitlet vil bli nærare vurdert. Retningslinjene for dette arbeidet vart gitt då Stortinget behandla Innst. S. nr. 177 (2000-01) og St.meld. nr. 20 (2000-01) Om korte yrkesretta utdanningar etter vidaregåande opplæring.
Statens dykkarskole
Statens dykkarskole vil gjennomføre kurs etter det same opplegget som tidlegare år, når det gjeld både grunnutdanning og spesialkurs. Det er i samarbeid med bransjen nedsett ei arbeidsgruppe som skal vurdere grunnlaget for ny driftsform for skolen (stiftelse, aksjeselskap e.l.).
Statens trafikklærarskole
Statens trafikklærarskole har som hovudoppgåve å gi landsdekkjande tilbod til kjøreskolane, Statens vegvesen og det offentlege skoleverket om lærar- og sensorutdanning. Skolen vil i 2003 føre vidare kursverksemda innanfor skolen sitt hovudområde. I samarbeid med høgskolemiljøet i regionen vil skolen frå hausten 2002 kunne tilby etter- og vidareutdanning for kjørelærarar på høgskolenivå. Frå hausten 2003 vil ny toårig utdanning etter planen bli sett i gang i eit samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag. Styret vil i perioden greie ut spørsmålet om ei nærare tilknytning for Statens trafikklærarskole til Høgskolen i Nord-Trøndelag.
Statens samiske vidaregåande skolar
Dei samiske vidaregåande skolane står framleis overfor store oppgåver og utfordringar i samband med omstilling og rasjonalisering av reindriftsnæringa. Skal skolane vere i stand til å løyse desse oppgåvene, er det naudsynt med eit nært samarbeid mellom dei to skolane slik at ein kan gi tenlege opplæringstilbod, så vel til dei unge som til den vaksne delen av befolkninga. Som oppfølging av evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 vil departementet i samarbeid med Sametinget vurdere ulike tiltak for å styrkje innhaldet i samisk vidaregåande opplæring. Departementet vil ta stilling til den framtidige tilknytingsforma for dei to samiske vidaregåande skolane etter at høringa av rapporten frå arbeidsgruppa er avslutta, jf. resultatrapport for 2001-2002.
Statens vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole på Vea vil i aukande grad nytte ressursane sine til å gi spesialiserte etter- og vidareutdanningskurs som bransjen etterspør.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på post 01 blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3232 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 45 blir ført vidare på same nivå som i 2002 og skal gå til innkjøp av nødvendig utstyr til skolane under dette kapitlet.
Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Salsinntekter o.a. | 5 209 | 5 412 | |
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 742 | 769 | |
Sum kap. 3232 | 5 951 | 6 181 |
Kap. 3232 er overført frå kategori 07.30. For rekneskapstal for 2001, sjå kap. 3232 under kategori 07.30.
Post 02 gjeld inntekter frå kurs ved skolane.
Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea.
Programkategori 07.30 Vidaregåande opplæring
Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0231 | Tilskott til vidaregåande opplæring | 279 538 | |||
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 162 363 | |||
0234 | Tilskott til lærebedrifter m.m. | 293 541 | |||
0238 | Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 3238) | 82 397 | |||
0239 | Andre formål i vidaregåande opplæring | 260 967 | |||
Sum kategori 07.30 | 1 078 806 |
Programkategori 07.30 er i hovudsak innlemma i programkategori 07.20, sjå St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Inntekter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 21 296 | |||
3238 | Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 238) | 473 | |||
Sum kategori 07.30 | 21 769 |
Programkategori 07.30 er i hovudsak innlemma i programkategori 07.20, sjå St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Kap. 231 Tilskott til vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
60 | Tilskott til landslinjer | 139 203 | ||
61 | Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga | 90 921 | ||
65 | Tilskott til ekstra opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 29 414 | ||
66 | Tilskott til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale | 20 000 | ||
Sum kap. 231 | 279 538 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30.
Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 60 | 141 817 | ||
21 | Tryggleiksopplæring for fiskarar | 13 900 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 348 | ||
75 | Tilskott til stipend og kurs for tilsette | 298 | ||
Sum kap. 232 | 162 363 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30. Post 21 er innlemma i kap. 249 post 21.
Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Salsinntekter o.a. | 16 729 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 172 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 317 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 365 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 713 | ||
Sum kap. 3232 | 21 296 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30.
Kap. 234 Tilskott til lærebedrifter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 7 298 | ||
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar | 278 439 | ||
71 | Tilskott til drift av opplæringsråd | 7 804 | ||
Sum kap. 234 | 293 541 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30.
Kap. 238 Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 3238)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 82 397 | ||
Sum kap. 238 | 82 397 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30.
Kap. 3238 Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 238)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
05 | Refusjon frå NORAD | 473 | ||
Sum kap. 3238 | 473 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30.
Kap. 239 Andre formål i vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 229 post 01 | 83 913 | ||
60 | Utlånsordning for skolebøker i vidaregåande skole | 99 722 | ||
70 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 15 924 | ||
71 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 6 850 | ||
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram (LEONARDO mfl.) | 28 542 | ||
73 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 21 451 | ||
75 | Tilskott | 4 565 | ||
Sum kap. 239 | 260 967 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.30. Post 70 er overført til kap. 249 post 73.
Programkategori 07.40 Andre tiltak i utdanninga
Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0240 | Private skolar mv. | 1 193 193 | 1 319 663 | 1 775 633 | 34,6 |
0243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243) | 842 199 | 803 150 | 833 377 | 3,8 |
0248 | Særskilde IKT-tiltak i utdanninga | 182 604 | 169 226 | -7,3 | |
0249 | Andre tiltak i utdanninga | 146 258 | 52 349 | 44 646 | -14,7 |
Sum kategori 07.40 | 2 181 650 | 2 357 766 | 2 822 882 | 19,7 |
Budsjettforslaget for kategori 07.40 utgjer 2 822,9 mill. kroner. Det er ein auke på 465,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 7,6 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243) | 92 485 | 48 505 | 45 289 | -6,6 |
Sum kategori 07.40 | 92 485 | 48 505 | 45 289 | -6,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.40 utgjer 45,3 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 3,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Tekniske endringar utgjer 5,1 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Kap. 240 Private skolar mv.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70 | Tilskott , overslagsløyving | 1 192 738 | 1 319 194 | 1 775 146 |
75 | Tilskott til privatskoleorganisasjonar | 455 | 469 | 487 |
Sum kap. 240 | 1 193 193 | 1 319 663 | 1 775 633 |
Kapitlet dekkjer tilskott til:
private grunnskolar i Noreg og utlandet
private vidaregåande skolar i Noreg og utlandet
elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar og vidaregåande skolar i Noreg eller utlandet
private skoleorganisasjonar
Post 70 Tilskott, overslagsløyving
Målsetjing
Målet med tilskottet er å medverke til drift av godkjende private skolar.
Rapport for 2001-02
Tabellen under viser korleis elevtalet og talet på private skolar har endra seg frå skoleåret 1999-2000 til skoleåret 2001-02:
Fordeling av elevar i private skolar med rett til tilskott etter tilskottsregel
Tilskotts-regel | Skoletype | Skolar 1999-2000 | Skolar 2000-2001 | Skolar 2001-20021) | Elevar 1999-2000 | Elevar 2000-2001 | Elevar 2001-2002 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1, 2 | Skolar for funksjonshemma | 10 | 10 | 10 | 403 | 400 | 435 |
3, 6 | Andre private skolar | 54 | 55 | 53 | 2 626 | 2 639 | 3 014 |
4 | Vidaregåande skolar i Noreg | 56 | 57 | 59 | 7 325 | 7 958 | 8 097 |
7 | Grunnskolar i Noreg | 83 | 90 | 96 | 9 435 | 9 845 | 10 500 |
8 | Grunnskolar i utlandet | 19 | 20 | 20 | 779 | 818 | 881 |
9 | Vidaregåande opplæring i utlandet | 3 | 3 | 3 | 98 | 105 | 107 |
Sum | 225 | 235 | 241 | 20 666 | 21 765 | 23 034 |
1)Skolar som er i drift.
I skoleåret 2001-02 gjekk 1,8 pst. av grunnskoleelevane i private skolar. Det har vore ein svak, men jamn auke i talet på elevar som går i private skolar. I skoleåret 1990-91 utgjorde talet til samanlikning 1,3 pst, med andre ord ein auke på 0,5 prosentpoeng i løpet av 10 år.
Departementet sende våren 2002 ut på høring eit forslag til lov om frittståande skolar. Lovforslaget vil erstatte lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).
Dei mest vesentlege endringsforslaga i forhold til privatskolelova er knytte til grunnskolar. Forslaga har mellom anna til følgje at:
kravet til formål i privatskolelova § 3 blir fjerna og erstatta med krav til innhald og kvalitet
det blir innført ein rett til godkjenning for søkjarar som oppfyller krava i lova
retten til godkjenning er avhengig av at godkjenninga ikkje fører med seg vesentlege og langsiktige negative konsekvensar for innbyggjarane i dei kommunane det gjeld
Budsjettforslag for 2003
I skoleåret 2002-03 har 15 nye grunnskolar og 3 nye vidaregåande skolar fått rett til tilskott. Departementet har korta ned handsamingstida for søknadar om godkjenning etter privatskolelova og innført ein meir liberal praksis, men søknader blir framleis avslåtte fordi dei fell utanfor lova.
Satsane for tilskottet til dei private skolane er, med unntak av tilskottsordning 1, 2 og 3, baserte på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. privatskolelova. For budsjettåret 2002 er satsane for tilskott rekna ut på grunnlag av kommunale rekneskapstal for 1999. Frå og med 2001 har alle kommunar og fylkeskommunar rapportert om ressursbruk gjennom KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Satsane for 2003 er derfor rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skolen som er rapportert gjennom KOSTRA for 2001. Satsane for 2003 er deretter justerte for den faktiske pris- og lønnsauken frå 2001 til 2002, samt for ei venta pris- og lønnsauke frå 2002 til 2003.
Omlegginga til KOSTRA er ei teknisk endring som fører til eit auka løyvingsbehov i 2003. Dette skuldast mellom anna at rapporteringa i KOSTRA blir gjord på eit meir detaljert nivå enn i den gamle kontoplanen for kommunerekneskap. Dette fører til dømes til at utgifter som tidlegare vart førte som generelle utgifter i kommunesektoren, nå vil kunne bli knytte direkte til skolesektoren.
Vidare er det eit meirbehov på posten som følgje av at det har vore ein auke i dei totale utgiftene i den offentlege skolen frå 1999 til 2001. Dette skyldast mellom anna at elevtalet per klasse i vidaregåande skole har gått ned. I tillegg kjem endra organisering i skolesektoren og ein monaleg lønnsauke i dei seinare åra. Frå 1999 til 2001 har lærarane hatt ein gjennomsnittleg lønnsauke på om lag 14 pst. Vidare kjem eit meirbehov som følgje av at lønnsutgiftene utgjer ein større del av dei totale utgiftene i privatskolesektoren enn ein tidlegare har rekna med. Ny rapportering viser at lønn utgjer 70 pst. av dei totale utgiftene. Tidlegare er det føresett at lønn utgjorde 60 pst.
Regjeringa har gjennom «Sem-erklæringa» understreka at den i løpet av ein fireårsperiode vil innføre eit eige tilskott for kapitalkostnader, og vurdere å heve driftstilskottet. I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2002 inngjekk regjeringspartia ein avtale med Framstegspartiet der det mellom anna er sagt at tilskottsordninga for private skolar skal bli endra slik at husleige og kapitalutgifter blir tekne inn i utrekningsgrunnlaget. Regjeringa vil komme tilbake til denne saka.
I 2003 er det behov for å gi tilsegn om utbetaling av tilskott for skoleåret 2003-04, jf. forslag til vedtak III nr. 6.
Tilskotta for dei ulike tilskottsreglane blir rekna ut etter følgjande satsar:
Skolar for funksjonshemma elevar (tilskottsregel 1 og 2)
Satsar for tilskottsregel 1 og 2 (i kroner per elev) | 2002 | 2003 |
---|---|---|
Særleg ressurskrevjande elevar | 315 500 | 327 804 |
Noko ressurskrevjande elevar | 195 380 | 203 000 |
Skolar for funksjonshemma elevar får 100 pst. statstilskott etter eit fastlagt tilskottsgrunnlag. I tillegg kan skolane etter søknad få tilskott til husleige. I høringsforslaget til lov om frittståande skolar foreslår departementet at tilskottsregel 1 og 2 blir avvikla, og at desse skolane blir innlemma under tilskottsregel 4 og 7. Departementet vil vurdere effekten av lovforslaget for desse skolane på nytt og kjem tilbake til dette i odelstingsproposisjonen om ny friskolelov.
Andre private skolar (tilskottsregel 3 og 6)
Satsar for tilskottsregel 6 (i kroner per elev) | 2002 | 2003 |
---|---|---|
Bibelstudium m.m. | 52 663 | 60 306 |
Studietilbod utover vidaregåande opplæringsnivå | 52 663 | 60 306 |
Reklameutdanning | ||
- 15 til 75 elevar | 59 280 | 69 061 |
- Over 75 elevar | 52 663 | 60 306 |
Kunst-, medie- og musikkutdanning | ||
- 15 til 30 elevar | 74 936 | 108 506 |
- Over 30 elevar | 59 280 | 69 061 |
Private sjøaspirantskolar og Noregs Byggskole (tilskottsregel 3) får dekt 85 pst. av tilskottsgrunnlaget i samsvar med godkjende budsjett. I høringsforslaget til lov om frittståande skolar foreslår departementet at tilskottsregel 3 blir avvikla, og at det blir rekna ut normalsatsar per elev for statleg tilskott til dei tre skolane.
Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket (tilskottsregel 6) får 75 pst. av satsane i tabellen over. Satsane for tilskottsregel 6 er knytte til satsane for tilskottsregel 4. Under tilskottsregel 6 gjeld minimumstilskott, slik at skolar med bibelstudium m.m. med færre enn 20 elevar får tilskott som for 20 elevar. Same minimumstilskott gjeld for studietilbod utover vidaregåande opplæringsnivå. Skolar med reklameutdanning og kunst,- medie- og musikkutdanning med færre enn 15 elevar får tilskott som for 15 elevar. Skolar under tilskottsregel 6 som over ein periode på tre år har eit gjennomsnittleg elevtal på mindre enn ti, mister statstilskottet. Godkjenninga av skolen blir likevel ikkje dregne inn. Skolen kan derfor på nytt få rett til tilskott dersom skolen seinare har fleire enn ti elevar.
Private vidaregåande skolar (tilskottsregel 4)
Satsar for tilskottsregel 4 (i kroner per elev) | 2003 |
---|---|
Allmenne, økonomiske og administrative fag | 60 306 |
Byggfag | 105 866 |
Elektrofag | 109 987 |
Formgivingsfag | 91 444 |
Helse- og sosialfag | 93 044 |
Hotell- og næringsmiddelfag | 106 116 |
Idrettsfag | 69 061 |
Kjemi- og prosessfag | 113 103 |
Medie- og kommunikasjonsfag | 91 761 |
Mekaniske fag | 125 137 |
Musikk, dans og drama | 108 506 |
Naturbruk | 162 160 |
Sal- og servicefag | 74 995 |
Tekniske byggfag | 105 366 |
Trearbeidsfag | 138 252 |
Sats for Steinerskolar | 73 563 |
Skolar med parallellar i den offentlege vidaregåande skolen får eit tilskott som svarar til 85 pst. av satsane for tilskottsregel 4. Satsane for tilskott blir frå 2003 fastsette på grunnlag av gjennomsnittleg utgift per elev på dei ulike studieretningane i offentleg skole. Dette blir rapportert i KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for salsinntekter og avskrivingar av bygg samt for utgifter som er rapportert i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet. Dette er utgifter til dei øyremerkte tilskotta til landslinjer, opplæring innanfor kriminalomsorga, ekstra språkopplæring for spåklege minoritetar og tilskott til teknisk undervisningsutstyr og tilpassing av lokale. Tidlegare har satsen for dei ulike studieretningane vore rekna ut etter kor stor del av dei totale utgiftene til vidaregåande opplæring ein reknar med at kvar studieretning har, og det har vore operert med 5 ulike satsar.
Private grunnskolar (tilskottsregel 7)
Satsar for tilskottsregel 7 (i kroner per elev) | Opptil 40 elevar | 40-200 elevar | Over 200 elevar |
---|---|---|---|
Barnetrinnet | 68 577 | 36 341 | 41 258 |
Ungdomstrinnet | 78 491 | 41 595 | 47 223 |
Som grunnlag for utrekninga av satsar til private grunnskolar er det nytta korrigerte brutto driftsutgifter til skolesektoren per kommune henta frå KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet. Dette er utgifter til skoleskyss, spesialundervisning og det øremerkes tilskott til opplæring for minoritetsspråklege elevar. Avskrivingar av bygg og salsinntekter til skolane er også trekte frå tilskottsgrunnlaget.
For å rekne ut satsane til dei private grunnskolane har departementet i samarbeid med dei private skoleorganisasjonane utarbeidd ein modell der tilskottssatsen avheng av storleiken på skolane.
For å definere gjennomsnittleg skolestorleik for den einskilde kommunen, er talet på elevar og grunnskolar i kommunen lagt til grunn. Grunnlaget for tilskottssatsen til dei minste skolane tek utgangspunkt i gjennomsnittlege (korrigerte) brutto driftsutgifter for dei 20 kommunane som har dei minste gjennomsnittsskolane. Tilsvarande er satsen til dei største skolane rekna ut med utgangspunkt i gjennomsnittlege (korrigerte) brutto driftsutgifter for dei 20 kommunane med dei største gjennomsnittsskolane. Grunnlaget for satsen til skolar med middels storleik tek utgangspunkt i dei same utgiftene for 20 kommunar med middels store gjennomsnittsskolar (dvs. rundt 200 elevar). Denne modellen gir tre ulike satsar for tilskott: ein for skolar med inntil 40 elevar, ein for skolar med 40-200 elevar og ein for skolar med meir enn 200 elevar. Ein skole med 50 elevar vil få tilskott tilsvarande små skolar for dei 40 første elevane og tilskott tilsvarande middels store skolar for dei 10 siste.
Alle tilskott blir gitte med 85 pst. av satsen.
Grunnskolar i utlandet (tilskottsregel 8)
Grunnskolar i utlandet får tilskott etter same metode for utrekning som for private grunnskolar i Noreg. Noreg har samarbeidsavtale med Sverige og Finland om dekning av utgifter for barn som får opplæring i skolar i utlandet som er drivne av dei andre landa.
Vidaregåande opplæring i utlandet (tilskottsregel 9)
Private vidaregåande skolar i utlandet får 85 pst. statstilskott etter dei same satsane per elev som gjeld for tilskottsregel 4.
Tilskott til kompletterande undervisning og til delvis dekning av skolepengar (tilskottsregel 10)
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar, kan få tilskott til kompletterande undervisning i norsk, kunnskap om det norske samfunnet og kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Same tilskottet kan i visse tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar. Statstilskott blir gitt med 85 pst. av satsen som gjeld for private skolar i Noreg.
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar, og som har rett til støtte frå Statens lånekasse for utdanning, kan få tilskott til delvis dekning av utgifter til skolepengar. Same tilskottet kan i visse tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar.
Post 75 Tilskott til privatskoleorganisasjonar
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at privatskoleorganisasjonane kan utføre samordningsoppgåver på privatskolefeltet, mellom anna hjelpe skolar som søkjer om godkjenning etter privatskolelova.
I 2001 fekk dei fem privatskoleorganisasjonane tildelt tilskott ut frå at dei til saman hadde 188 godkjende skolar. I 2002 var talet på skolar auka til 193.
Løyvinga blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2002.
Kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under postane 21 og 60 | 650 514 | 672 940 | 656 029 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 63 498 | 38 403 | 39 901 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 347 | 6 379 | 6 481 |
60 | Tilskott til kommunar og fylkeskommunar , kan overførast | 119 987 | 82 600 | 129 056 |
75 | Til disposisjon for departementet | 1 853 | 2 828 | 1 910 |
Sum kap. 243 | 842 199 | 803 150 | 833 377 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er nedjustert med 2,5 mill. kroner i samband med at midlar til Fagleg eining for PP-tenesta er overført til kap. 202 post 01.
Post 01 er nedjustert med 5,1 mill. kroner mot, sjå parallell nedjustering av kap. 3256 postane 02, 11 og 60.
Post 60 er oppjustert med 46,5 mill. kroner mot ei tilsvarande nedjustering av post 01.
Tilskottspostane 60 og 75 blir gitt eigne omtalar nedanfor.
Kapitlet finansierer m.a.:
styrings- og sekretariatsfunksjonar
15 statlege spesialpedagogiske kompetansesenter og to private senter, under dette den statlege syns- og audiopedagogtenesta på fylkesplanet
opplæring og kompetansesenterfunksjonar for seks sosiale og medisinske institusjonar med landsdekkjande oppgåver
ulike spesialpedagogiske tiltak i Nord-Noreg
forsking og utvikling
øyremerkte tilskott til kommunar og fylkeskommunar til styrking av PP-tenesta (300 fagårsverk)
ulike andre spesialpedagogiske tiltak som læremiddelutvikling og produksjon, nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre, internasjonalt samarbeid m.m.
kompetansesystem for særskilde grupper funksjonshemma (samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet): Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi, og Autismeprogrammet.
stillingar i departementet knytt til spesialundervisningsfeltet
Ansvaret for å gi elevane tilpassa opplæring ligg hos kommunar og fylkeskommunar. Hovudoppgåva til det statlege spesialpedagogiske støttesystemet er å gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for dei med særskilde opplæringsbehov blir sikra.
Resultatrapport for 2001-02
Omorganiseringa av Statleg spesialpedagogisk støttesystem er gjennomført i samsvar med mål og retningslinjer i Innst. S. nr. 228 (1997-98), jf. St.meld. nr. 23 (1997-98), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 10 (1998-99) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (1999-2000). Innanfor desse rammene er departementet i store trekk nøgd med det omstillingsarbeidet som har skjedd i regi av styret for Statleg spesialpedagogisk støttesystem og Sektorstyret for hørsel.
I samsvar med måla har det skjedd utvikling på fleire område, m.a.:
meir direkte brukarretta tenesteproduksjon, betre tenesteyting og ressursutnytting
større medverknad frå brukarane og klarare ansvars- og oppgåvefordeling mot andre instansar og forvaltningsnivå
betre informasjon til og kommunikasjon med oppdragsgivarar, brukarar og samarbeidspartnarar
rettleiing til utdanningskontora og kommunal/fylkeskommunal PP-teneste
samarbeid med Læringssenteret om utvikling og produksjon av spesialpedagogiske læremiddel
utvida foreldreopplæring i teiknspråk
nordisk samarbeid på området cochleaimplantat
avtalefesta samarbeid med høgskolar og universitet om forsking og utviklingsarbeid
omstrukturering og samlokalisering av bygningsmassen ved fleire kompetansesenter
Elles har støttesystemet teke del i fleire internasjonale prosjekt (nettverksprosjekt for små grupper funksjonshemma, prosjekt om lærarutdanning i dei baltiske landa («A school for all») i regi av Nordisk Ministerråd, prosjekt om integrering i regi av OECD og i European Agency on Special Education).
Det treårige kompetanseutviklingsprogrammet for PP-tenesta og skoleleiarar (SAMTAK) blir avslutta i 2002, og evalueringsrapport om dette opplegget og om styrkinga av PP-tenesta vil liggje føre i 2003. Dei delane av programmet som har god effekt, vil bli førte vidare.
Bueininga i Barlindveien 15c i Holmestrand er seld, og midlane er nytta til kjøp av ny bueining lagd til rette for fysisk funksjonshemma, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002), forslag til vedtak II nr 3.
Styret for verksemda er i gang med ein samla gjennomgang og vurdering av oppgåver og funksjonsdeling i støttesystemet. I dette arbeidet ser ein på erfaringane og på forbetringar av ulike område, som t.d. rutinane for samarbeid med andre aktørar i og utanfor utdanningssystemet, og rasjonalisering av administrasjons- og hjelpetenester. Målet med arbeidet er kvalitetsutvikling og modernisering av tenestetilbodet.
I samarbeid med Helsedepartementet arbeider ein med oppfølging av ei utgreiing om tiltak for dei med språk- og talevanskar (logopedtenester). Departementa vurderer å utvide støttesystemet sitt tilbod på fylkesplanet (syns- og audiopedagogtenesta) til også å omfatte språk- og taleteneste, og å avvikle stønadsordninga i folketrygda (jf. kap. 2750 post 75 om logopedtenester) frå 2004. Vidare arbeider departementet med oppfølging av ei utgreiing om tiltak for døve og tunghørde (Sunnanå-utvalet). Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med desse spørsmåla i 2003. Når det gjeld styringsordninga for Statleg spesialpedagogisk støttesystem, vil departementet sjå denne i samanheng med den framtidige statlege utdanningsadministrasjonen, jf. kategoriomtalen under 07.10.
Resultatmål for 2003
Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har som mål å gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for dei med særskilde opplæringsbehov blir best mogleg. Den utoverretta og systemretta verksemda skal halde fram som før. Dei individretta tilboda frå støttesystemet må prioritere brukarar med dei største og mest samansette vanskane, der det ikkje er rimeleg å vente at lokalsamfunnet skal ha kompetanse.
Støttesystemet skal i 2003 m.a.:
kvalitetsutvikle og tilpasse tenestetilbodet sitt til behovet hos brukarane
gi råd og rettleiing om spesialpedagogiske tiltak til kommunar og fylkeskommunar
samarbeide med høgskolar/universitet om å utvikle vidare og spreie spesialpedagogisk kompetanse til nytte for elevar med store og særskilde behov, føresette, lærarar og andre fagfolk i skoleverket
utvikle og produsere spesialpedagogiske læremiddel i samarbeid med Læringssenteret
gi heilårs skoletilbod for hørselshemma teiknspråkbrukarar når dei ønskjer det, og tilbod om korttidsopphald for dei som ønskjer lokal skolegang
gi foreldreopplæring i teiknspråk
føre vidare arbeidet med pedagogisk oppfølging av barn og unge med cochleaimplantat i nært samarbeid med Rikshospitalet
føre vidare arbeidet med eit felles nasjonalt kompetansesystem for døvblindfødde og døvblindblitte
føre vidare prosjektet om oppfølging av døvblitte/sterkt tunghørtblitte
utvikle vidare skoletilbod ved dei seks sosiale og medisinske institusjonane, og gi råd om oppfølgingstilbod i lokalmiljøa og heimeskolane
leggje til rette for brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
Elles vil arbeidet i ulike samarbeidsfora halde fram. Departementet tek sikte på å knyte Sentralt brukerforum til Læringssenteret frå 1. januar 2003, men slik at sekretariatsansvaret framleis blir teke hand om av Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon. Autismeprogrammet, Nasjonal kompetanseeining for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi, og det internasjonale samarbeidet skal helde fram.
Budsjettforslag for 2003
Forslaget til løyving på post 01 skal i hovudsak dekkje lønns- og driftsutgifter ved kompetansesentra og kjøp av tenester ved ikkje-statlege kompetansesentre, spesialpedagogiske tyngdepunkt i Nord-Noreg og ved sosiale og medisinske institusjonar. Løyvinga gir høve til å føre vidare aktivitetsnivået frå 2002 på dei fleste område, men dei økonomiske rammene krev at styret nøye prioriterer disponeringa av midlane.
Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3243 postane 02, 11 og 60, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 gjeld midlar til lønn og drift til oppdrag av ulik art ved sentra. Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Forslaget på post 45 gjeld midlar til kjøp av utstyr.
Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar, kan overførast
I Innst.S. nr. 228 (1997-1998) vedtok Stortinget tidsavgrensa øyremerkte tilskott til kommunar/fylkeskommunar for å styrkje PP-tenesta tilsvarande 300 fagårsverk. Tilskottet blir utbetalt av dei statlege utdanningskontora med eit fast beløp per årsverk dersom det har skjedd ei reell styrking av tenesta. Til grunn ligg rapport frå kommunane/fylkeskommunane på fastsett skjema.
Utdanningskontora har meldt at det er tilsett kvalifisert personell i dei fleste nye stillingane i PP-tenesta. Midlane vart nytta om lag fullt ut i 2001. I den generelle tilstandsrapporteringa om skoleverket gir dei statlege utdanningskontora nærare rapportering om og vurdering av PP-tenesta. I 2003 vil det også komme ein evalueringsrapport om denne tilskottsordninga.
Løyvinga er justert med overføring frå post 01 og er på same reelle nivået som i 2002, då post 01 dekkjer differansen, jf. omtale under tekniske endringar.
Departementet legg til grunn at det øyremerkte tilskottet til den utvida PP-tenesta vil bli lagt inn i det ordinære rammetilskottet frå budsjettåret 2004. Tilskottsordninga har då verka i 4 år i Sør-Noreg og 3 år i Nord-Noreg.
Post 75 Til disposisjon for departementet
Tilskottsordninga skal fremme ny kunnskap på det spesialpedagogiske området i ein skole for alle. Tilskott blir i hovudsak gitt organisasjonar for funksjonshemma og medlemsorganisasjonane i Sentralt brukerforum. Storleiken på tilskottet blir fastsett etter skjønn ut frå omfang og formål. Tilskottsmottakarane sender rekneskap og prosjektrapport om bruken av midlane. Det er m.a. oppretta eigen nettstad for Sentralt brukerforum. Her er det informasjon om møta, prosjektstøtte til organisasjonane og bladet «Læring for alle» i elektronisk form.
Løyvinga for 2003 er foreslått redusert med om lag 1 mill. kroner.
Kap. 3243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 63 494 | 38 243 | 39 734 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 819 | 4 487 | 2 962 |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 2 020 | 2 117 | 1 900 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 1 014 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 5 107 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 92 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 17 023 | ||
60 | Betaling frå kommunar og fylkeskommunar | 916 | 3 658 | 693 |
Sum kap. 3243 | 92 485 | 48 505 | 45 289 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 02 er nedjustert med 1,7 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av utgiftspost 21 under kap. 243.
Post 11 er nedjustert med 0,3 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av utgiftspost 21 under kap. 243.
Post 60 er nedjustert med 3,1 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av utgiftspost 21 under kap. 243.
Post 01 gjeld oppdrag som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar og andre.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale og inntekter frå hjelpemiddeltilpassing.
Post 11 gjeld kursavgifter, sal av kursmateriell til kursa, sal frå kantine og opphaldsutgifter i samband med kurs.
Post 60 gjeld betaling frå kommunar og fylkeskommunar for tenester som ikkje fell inn under post 01.
Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70 | 179 709 | 166 218 | |
70 | Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 2 895 | 3 008 | |
Sum kap. 248 | 182 604 | 169 226 |
For rekneskapstal sjå kap. 249 postane 21 og 70.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Hovudmålet for IKT i utdanninga er å ta i bruk og nytte dei moglegheitene informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) gir i undervisning og læring, slik at kompetansebehova til den einskilde og samfunnet blir tekne i vare. IKT skal medverke til betre former for læring, vurdering, organisering, samarbeid, elev- og lærarroller.
Resultat og mål på desse områda blir nærare omtalte nedanfor. Tiltak som gjeld IKT i utdanninga blir òg omtalte under kategoriane 07.20 og 07.60.
Kapitlet finansierer også prosjektretta stillingar i departementet som er knytte til oppfølging av prosjekt, planar og tiltak under budsjettkapitlet.
Resultatrapport for 2001-02
Det har vore ei brei satsing på ei rad område: kompetanseutvikling for lærarane, IKT i lærarutdanninga, forsking og utvikling, nettinnhald og digitale læremiddel, internasjonalt samarbeid og infrastruktur.
Utviklinga har vore god på fleire av desse områda:
ei ny undersøking viser at norske lærarar har god kompetanse i bruk av viktige IKT-verktøy
tilgangen på både datamaskinar og Internett i skolen er betre enn før
utvikling av digitale læremiddel gir viktige erfaringar og nye tilbod om digitalt innhald
fleire skolar bruker IKT aktivt i undervisning, læring og vurdering
Departementet har sett i verk tiltak for å utvikle eit Nasjonalt Læringsnett. Læringsnettet er eit omfattande prosjekt for utvikling av mellom anna tekniske og innhaldsmessige fellesløysingar i utdanningssektoren. Uninett har i 2002 teke fatt på arbeidet med utviklinga av infrastruktur og mellomvare i Læringsnettet.
Departementet har i 2002 starta arbeidet med ein nasjonal nettportal for utdanning.
Digitale læremiddel, nettinnhald og læringsformer
Digitale læremiddel er utvikla. I 2001 kom det digitale læremiddel i samfunnslære for vidaregåande opplæring, og i 2002 starta prosjekt for utvikling av digitale læremiddel innanfor mellom anna matematikk og engelsk.
Skolenettet er ein portal på Internett for grunnskole og vidaregåande opplæring. Gjennom Internett får skolar, lærarar og elevar tilfang til ei mengd informasjon og nyhende. Mykje av dette er god og nyttig informasjon, men ikkje alt. Internett er òg eit møte med uønskt og uheldig informasjon. Elevar må derfor utvikle kritiske og analyserande haldningar i møte med Internett. Av di er det mellom anna etablert ei ressursside om etisk bruk av Internett på Skolenettet.
For elevar med særskilde behov blir nyare språkteknologi (taletenester m.m.) prøvd ut, mellom anna i utviklinga av læremiddel og i tilbod om opplæring. Læringssenteret støtta fleire av prosjekta til Nordisk språkteknologi slik at desse skal vere eigna også for elevane. Digitale multifunksjonelle læremiddel har vorte gitt ut på nytt. Samfunnet Norge har komme ut i ny versjon, og læremiddelbasen har vorte ferdigstilt.
Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) har fått i oppdrag å medverke til at funksjonshemma studentar får fleksible og tilpassa studietilbod. Dei har fått prosjektmidlar i både 2001 og 2002 for fordeling til universell tilrettelegging av studietilbod.
Forsøk med IKT i den skriftlege avgangsprøva i grunnskolen og i utvalde eksamensfag i vidaregåande opplæring er gjennomførte. Samstundes er arbeidet med å utvikle kvaliteten i elev- og lærlingvurderinga, mellom anna ved bruk av IKT, ført vidare, jf. kategori 07.20. Rapportar frå skolar som har vore med på forsøk, viser gode resultat.
Det er etablert ein nasjonal nettstad for IKT i lærarutdanninga, og nettressursar mellom anna i naturfag, musikkteknologi og yrkesfag, jf. kap. 281.
Departementet har gitt støtte til Sametinget for å stimulere bruken av IKT i samisk utdanning, særleg med fokus på utvikling av eit samisk skolenett og digitale læremiddel på samisk.
Kjønn og IKT er eit sentralt satsingsområde for likestillingspolitikken. Ei undersøking om elevar og lærarar si eigenvurdering av IKT-kompetanse sett opp mot faktiske IKT-prestasjonar viser mellom anna at gutar bruker meir tid til bruk av PC utanom skoletida enn jenter. Bruken er ofte knytt til skolearbeid. jf. kompetanseutvikling for lærarar.
Både utdanningsinstitusjonar og næringsliv legg i dag auka vekt på deltaking frå jenter på IKT-feltet. Departementet arbeider for å auke interessa for og bruken av denne teknologien blant jenter i skolen. Arbeidet femner om alt frå oppfølging av enkeltståande, lokale tiltak til deltaking og styring av nasjonale utviklingsprosjekt på området. For å styrkje rekrutteringa av jenter til IKT-fag er mellom anna «Operasjon Minerva» ført vidare. Dette prosjektet er leia av Læringssenteret og er eit nasjonalt prosjekt i matematikk som er retta mot jenter i 25 grunnskolar og vidaregåande skolar. Erfaringane frå prosjektet er spreidde via regionale samlingar og gjennom statens utdanningskontor.
Kompetanseutvikling til lærarane
Lærarane er sentrale i arbeidet med å ta i bruk IKT og Internett i undervisninga. Mange lærarar har fått opplæring i bruk av IKT. Ei undersøking syner at lærarar, samanlikna med elevar, har god kompetanse i bruken av IKT-verktøy. Elevar og lærarar på ungdomssteget i grunnskolen og på allmennfagleg studieretning i vidaregåande opplæring vurderte seg sjølve og vart deretter testa. Samanlikninga synte at særleg gutar i grunnskolen vurderer sin eigen kompetanse høgt medan kvinnelege lærarar vurderte sin eigen kompetanse heller lågt i høve til kva dei presterte på testen. Hovudutfordringa nå er å gi lærarane høve til å utvikle sin kompetanse i å bruke IKT pedagogisk.
Kommunane har i dei siste åra fått tilskott til å gjennomføre etter- og vidareutdanning, jf. kategori 07.20. På oppdrag frå departementet er eit nasjonalt etterutdanningstilbod i fagleg og pedagogisk bruk av IKT utvikla. Både offentlege og private aktørar er inviterte til å gi lærarar eit godt og høveleg tilbod om etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT. Hausten 2002 får om lag 10 000 lærarar etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT.
Alle institusjonar som gir lærarutdanning, tek del i ei 4-årig satsing for å integrere IKT, jf. kap. 281. IKT må inngå som eit gjennomgåande element i lærarutdanninga, bli nytta i ulike læringsprosessar og medverke til å skape varierte arbeids- og undervisningsformer.
Forsking og utvikling
Det har vore satsa på forsking og utvikling om bruk av IKT i fag og opplæring. Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU) har utvida verksemda si. ITU tek initiativ til og tek del i ei rekkje nasjonale og internasjonale prosjekt. ITU er i ferd med å byggje opp ein solid kompetanse innanfor IKT i utdanninga.
PILOT (Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi) viser god framgang. Dette er eit nasjonalt prosjekt som er knytt til pedagogisk bruk av IKT i grunnskole og vidaregåande opplæring. Prosjektet tek sikte på å utvikle og vinne erfaring med IKT og nye former for læring og organisering og legg særleg vekt på endringar i elev- og lærarrolla.
Prosjektet IKT i fleirkulturelle skolar i Oslo har komme godt i gang. Målet for prosjektet er mellom anna å utforske moglegheiter IKT gir i arbeidet på skolar der det er mange elevar med ulik kulturell og språkleg bakgrunn.
Infrastruktur
Norsk Gallup gjennomførde våren 2002 ei undersøking om stoda i grunnskolen og vidaregåande opplæring når det gjeld tilgang til PC-ar og Internett. Både grunnskolane og vidaregåande opplæring har betra utstyrssituasjonen. Medan det i vidaregåande opplæring no er om lag 3,5 elevar per PC er det i grunnskolen om lag 9 elevar per PC. Dei regionale forskjellane er heller små. Det er små forskjellar mellom dei einskilde vidaregåande skolane medan forskjellane mellom grunnskolane er framleis heller stor.
Mellom 93 og 99 pst. av alle skolane har tilgang til Internett. I vidaregåande opplæring er nær alle skolane tilkopla. Vidaregåande opplæring har Internett-tilkopling med langt betre kapasitet enn grunnskolane, men også dei har for låg kapasitet.
Vidaregåande opplæring har ein god utstyrssituasjon, medan det i grunnskolen er behov for forbetringar. Både skoleslag treng Internett-tilkopling med langt betre kapasitet. Mangel på utstyr, stabil og god infrastruktur med tilstrekkeleg Internett-kapasitet gjer at mange skolar framleis ikkje får nytta fullt ut dei pedagogiske og faglege moglegheitene som nyare teknologi gir. Forskjellar mellom skolar kan føre til at elevar ikkje får likeverdige tilbod.
For å støtte opp om det ansvaret skoleeigar har når det gjeld utstyr og infrastruktur, vart det i 2000 etablert ei ordning for overføring av brukt utstyr frå næringsliv til skole. Denne ordninga er ført vidare. I tillegg er Læringssenteret og Forvaltningsnettet ansvarlege for å forhandle fram avtalar om programvare og utstyr for skoleverket.
Departementet har teke del i arbeid om utgreiing av breiband. Tre kommunar har vore med på å utvikle modellar og retningslinjer for utbygging av breiband i skolar i samarbeid med ein statleg høgskole. Uninett var ansvarleg for prosjektet. Prosjektet har vakt stor interesse, og nabokommunar har søkt samarbeid med kommunane i prosjektet for å få til regionale løysingar for breiband til både skoleverket og andre. Erfaringar frå prosjekta kjem andre kommunar til nytte. I høgre utdanning har Uninett arbeidd med eit nytt forskingsnett, jf. kap. 281.
Departementet har hatt møte med aktørar og verksemder innanfor e-læringsbransjen. Formålet har vore å etablere møteplassar der representantar frå ulike sektorar kan møtast og drøfte utfordringar som IKT gir utdanninga. Departementet, Læringssenteret og ITU har vore med på fleire internasjonale prosjekt, mellom anna «Second Information Technology in Education Study» (SITES), European Schoolnet, eLearning Summit og Netd@ys 2000.
Resultatmål for 2003
Satsinga på informasjons- og kommunikasjonsteknologi i utdanninga frå 2002-budsjettet blir ført vidare i 2003-budsjettet. I 2003 vil departementet, ut frå handlingsplanen «IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-2003», prioritere å føre vidare dei store satsingane og greie ut behovet for nye satsingar på IKT i utdanninga.
Digitale læremiddel, nettinnhald og læringsformer
Regjeringa vil arbeide for at alle elevar skal få tilbod om å utvikle IKT-kunnskapar og IKT-dugleik. Å meistre IKT blir derfor noko elevar må utvikle gjennom heile utdanningsløpet. Til no har læreplanen for grunnskolen hatt føresetnad om gradvis gjennomføring av IKT-måla i faga ut frå det som er økonomisk mogleg for kommunane. Dette er med på å skape skilnader i tilbodet elevane får om bruk av PC og Internett i opplæringa. For å sikre meir likeverdige tilbod har departementet fjerna denne føresetnaden frå august 2002. Kommunane er varsla om dette.
Prosjekt om utvikling av digitale læremiddel blir ført vidare. Prosjektet vil omfatte fag i vidaregåande opplæring og grunnskolen. Strategien reviderast hausten 2002.
Arbeidet med Skolenettet vil bli ført vidare. I tillegg vil departementet arbeide for eit nasjonalt læringsnett for heile utdanningssektoren. Målet er å samordne og auke tilbodet av ressursar på nettet slik at elevar, lærarar og andre aktørar innanfor utdanning får eit betre og meir variert læringstilbod. Læringsnettet vil vere ein møteplass der ulike grupper kan samarbeide og utvikle nasjonale løysingar, tilbod og tenester til beste for utdanningssektoren.
Departementet utviklar ein nasjonal nettportal for utdanning. Han skal vere ein fellesinngang som samordnar utdanningsinformasjon og relevante utdanningstenester på ein og samme stad. Portalen lanserast våren 2003.
Tiltak som er retta mot elevar og studentar med særskilde behov, blir førte vidare. Det same gjeld arbeid som er i gang i samband med uønskt innhald på Internett, mellom anna haldningsskapande arbeid i skolen. I tillegg vil Noreg ta del i EU sin handlingsplan for sikker bruk av Internett.
VOX - Vaksenopplæringsinstituttet skal utvikle tilbod om opplæring for vaksne som manglar kjennskap til IKT, og som ønskjer å lære korleis dei kan bruke PC og Internett.
Kompetanseutvikling til lærarane
Alle lærarar skal få tilbod om etterutdanning i IKT slik at dei i større grad kan bruke IKT i opplæringa. Regjeringa har som mål at 40 000 lærarar over to år skal få tilbod om etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT. Tilbod av godkjend kvalitet og omfang skal nyttast til etterutdanning for lærarar.
I tillegg får universitet og høgskolar i oppdrag å utvikle faglege modular retta mot bruk av IKT i ulike fag. Kommunar vil få statlege midlar til å gjennomføre etterutdanning, jf. kategori 07.20.
Departementet vil følgje opp arbeidet med utvikling av resultatindikatorar for IKT-kompetansen hos elevane og lærarane, både internasjonalt og nasjonalt.
Arbeidet med å integrere IKT i lærarutdanninga blir ført vidare, jf. kategori 07.60.
Forsking og utvikling
Arbeidet med systematisk og omfattande forsking om korleis IKT kan nyttast i utviklinga av utdanning for framtida, held fram.
Nye tiltak retta inn mot kjønn og IKT blir vurderte, mellom anna på bakgrunn av undersøkinga om elevane og lærarane sin IKT-kompetanse. Styrka innsats mot jenter sitt fagval, spesielt teknologirelaterte fagval, vil stå sentralt i satsinga.
Infrastruktur
Tiltak vil bli sett i verk for å støtte innsatsen med å gi grunnskolar og vidaregåande skolar tilgang til breiband og for å stimulere etterspørsel etter breiband. Ekstra tilskott skal i første omgang gå til skolar som på grunn av plassering, storleik eller av andre grunnar ikkje er attraktive for marknadsaktørane, og vidaregåande opplæring vil vere prioritert.
Det vil bli lagt vekt på å skape møteplassar og fora for samarbeid og utveksling av erfaringar på alle nivå i utdanningssektoren. IKT er eit internasjonalt utviklingsområde, og for eit lite land som Noreg er det viktig med samarbeid og internasjonale kontaktar. eNorge-planen vil bli følgd opp på dei aktuelle områda for utdanninga. Ordninga med overføring av brukt utstyr frå næringsliv til skole blir ført vidare.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga for 2003 er redusert med 20 mill. kroner i høve til 2002. Lokalt utviklingsarbeid blir redusert med 10 mill. kroner, og resten av reduksjonen vil bli skjønnsmessig fordelt. Ein foreslår å gi tilsegn om å betale ut inntil 15 mill. kroner i 2004 for avtalar inngått i 2003 om støtte til utvikling, utprøving og produksjon av digitale læremiddel, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 70 Tilskott til IKT-tiltak, kan nyttast under post 21
Ramma for ordninga er «IKT i norsk utdanning Plan for 2000-2003» med årlege oppfølgingsplanar, jf. tidlegare omtale.
I 2001 og 2002 er det gitt tilskott til internasjonale prosjekt som SITES og European Schoolnet og fleire tilbod på nett. Prosjekta er i stor grad knytte til vidaregåande opplæring og grunnskolen og har medverka til å auke tilbodet på nett. Skolane får informasjon om prosjekta gjennom mellom anna Skolenettet.
Løyvinga for 2003 er foreslått ført vidare på same nivå som i 2002.
Kap. 249 Andre tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 2 604 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 108 066 | 16 626 | 16 627 |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 000 | 2 065 | 2 141 |
62 | Moskvaskolen | 1 000 | 1 037 | |
70 | Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 22 147 | ||
71 | Tilskott til fotokopiering | 3 468 | ||
72 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 5 000 | 5 195 | |
73 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 16 402 | 17 042 | |
75 | Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas | 10 577 | 11 256 | |
Sum kap. 249 | 146 258 | 52 349 | 44 646 |
I samband med opprettinga av nytt kapittel 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga i statsbudsjettet for 2002, vart midlar frå kap. 249 postane 21 og 70 overførte til det nye kapitlet. Sjå elles omtale av endringane i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga vil bli nytta til utgreiingar, analysar og FoU på heile ansvarsområdet til departementet. Eit hovudmål vil vere å få eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken.
Det blir foreslått å omdisponere 2,6 mill. kroner frå andre kapittel på ansvarsområdet til departementet til denne posten.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga på posten gjeld tryggleiksopplæring for fiskarar. Sjøfartsdirektoratet har i forskrift av 10. februar 1989 gitt forskrifter om obligatorisk tryggleiksopplæring for fiskarar. Tryggleiksopplæringa omfattar eit grunnleggjande tryggleikskurs og repetisjonskurs. Repetisjonskursa skal gjennomførast mellom fem og åtte år etter grunn- eller repetisjonskurs. Tryggleiksopplæringa blir administrert av Tromsø maritime skole og blir driven på bakgrunn av avtale mellom departementet og Troms fylkeskommune.
Grunnleggjande tryggleikskurs er normalt gratis for fiskarane. I 2001 gjennomførte i alt 1 170 fiskarar grunnleggjande tryggleiksopplæring. Dette svarer til om lag 90 pst. av kapasiteten, og er ein nedgang på om lag 200 fiskarar samanlikna med året før. Av grunnkursdeltakarane fekk 795 personar opplæring på kursfartøy. Resten fekk opplæringa på kurssentre på land.
I 2001 gjennomførte 380 personar repetisjonskurs, noko som er ein reduksjon med 370 deltakarar frå 2000. Det inneber at 35 pst. av kapasiteten på repetisjonskursa ble nytta. 275 av kursdeltakarane fekk opplæring på kursfartøyet, medan 105 fekk opplæring på sentra. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2000 vedtok Stortinget å innføre eigendel for deltakarar på repetisjonskurs.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på om lag same nivå som i 2002.
Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt eit tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg. Nordland kunst- og filmskole er toårig, og er det einaste tilbodet i sitt slag i Nord-Noreg.
Skolen hadde 46 heilårselevar per 1. april 2002, fordelte på tre linjer: biletkunst, kunsthandverk og film.
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på same nivå som i 2002.
Post 62 Moskvaskolen
Målet med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk moglegheit til å ta vidaregåande kurs II på den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva. Denne skolen gir både norske og russiske elevar godkjent vitnemål etter norske og russiske reglar.
I skoleåret 2001-02 hadde skolen fire norske elevar, ein auke frå tre elevar i 2000-01.
Departementet foreslår at ordninga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 72 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo
Regjeringa ønskjer å styrkje samarbeidet med Tyskland og Frankrike samt å styrkje stillinga til det tyske og det franske språket i Noreg, ved å støtte drifta av den tyske og den franske skolen i Oslo.
Noreg har inngått avtale om utdanningssamarbeid med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den franske skolen i Oslo på 4 mill. kroner, mot at Frankrike legg til rette for eit bestemt tal på norske lærlingar innanfor det franske opplæringssystemet, jf. St.prp. nr. 40 (2001-2002) og Innst.S. nr. 126 (2001-2002).
Regjeringa la 14. juni 2002 fram ei tilråding om samtykke til å inngå ein avtale mellom Noreg og Tyskland om tilskott til den tyske skolen i Noreg, jf. St.prp. nr. 78 (2001-2002). Avtalen forpliktar Noreg til å medverke med eit årleg tilskott på 1 mill. kroner til den tyske skolen i Oslo. Tyskland forpliktar seg til å leggje til rette for 20 praktikantplassar per studieår for norske studentar ved tyske bedrifter.
Det gjekk 204 elevar på barnetrinnet, 166 elevar på ungdomstrinnet og 52 elevar i vidaregåande opplæring på den franske skolen i skoleåret 2001-02.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som 2002.
Post 73 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole
Krokeide yrkesskole gir tilbod om attføring og yrkesutdanning til elevar som på grunn av funksjonshemming og høg alder har behov for tilrettelagd opplæring. Eigar av skolen er Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til drift av internatet ved Krokeide yrkesskole og til å oppretthalde det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.
Hausten 2001 var det 130 elevar, og våren 2002 var det 132 elevar ved Krokeide yrkesskole. Elevtalet er på same nivå som tidlegare år.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 75 Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas
Formålet med tilskottsordninga har vore å leggje til rette for at mottakarane kan gi tilbod om toppidrett ut over læreplanane. I skoleåret 2001-02 vart det gitt tilskott for 803 elevar ved Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas. Dette er ein auke på 44 elevar frå skoleåret 2000-01.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår departementet å avvikle tilskottet.
Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas får tilskott etter tilskottsregel 4 og sats for idrettsfag over kap. 240 post 70. Satsane for 2003 er rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk rapportert i KOSTRA. Omlegginga til KOSTRA og det at dei totale utgiftene i den offentlege skolen har auka fra 1999 til 2001, fører til at m.a. satsen for tilskott til idrettsfagleg studieretning har auka, jf. kap. 240 post 70.
Programkategori 07.50 Vaksenopplæring, folkehøgskolar og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0251 | Fagskoleutdanning | 110 648 | |||
0253 | Folkehøgskolar | 398 854 | 406 993 | 509 100 | 25,1 |
0254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254) | 993 599 | 903 707 | 843 723 | -6,6 |
0256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256) | 63 124 | 65 260 | 60 360 | -7,5 |
0258 | Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa | 87 039 | 80 063 | 80 585 | 0,7 |
0259 | Kompetanseutviklingsprogrammet | 90 576 | 100 718 | 60 718 | -39,7 |
Sum kategori 07.50 | 1 633 192 | 1 556 741 | 1 665 134 | 7,0 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer 1665,1 mill. kroner. Det er ein auke på om lag 108 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 108 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254) | 53 712 | 20 074 | 25 836 | 28,7 |
3256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256) | 14 362 | 18 188 | 10 548 | -42,0 |
Sum kategori 07.50 | 68 074 | 38 262 | 36 384 | -4,9 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer 36,4 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 1,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Tekniske endringar utgjer 8,4 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Tilstandsvurdering, strategiar og tiltak
Programkategori 07.50 dekkjer m.a. tilskott til studieforbund, folkehøgskolar, teknisk fagskole, opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, midlar til drift av VOX og midlar til forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak innanfor vaksenopplæringa. Kompetanseheving i den vaksne befolkninga skjer også innanfor det ordinære utdanningssystemet og i regi av Aetat. Ein stor del av opplæringa som er retta mot vaksne finn elles stad utanfor offentleg regi, til dømes i arbeidslivet, i regi av frivillige organisasjonar og ved sjølvstudium. Mykje av forsøksverksemda innanfor kategorien er retta inn mot å kartleggje opplæringsverksemd utanfor det offentlege utdanningssystemet og å stimulere til kompetanseheving på alternative arenaer.
Mål: Synleggjere, nytte og auke kompetansen i befolkninga
Gjennom Kompetansereforma, som er utforma i samarbeid med partane i arbeidslivet, har vaksne mellom anna fått rett til grunnskole og vidaregåande opplæring og rett til å få realkompetansen sin dokumentert og verdsett. Kompetansereforma har som målsetjing å gi den einskilde høve til å ta del i samfunns- og arbeidsliv på ein fullverdig måte. Læring i den vaksne befolkninga er nær knytt til deltaking i arbeidslivet. Regjeringa ønskjer å kvalifisere personar som av ulike årsaker fell utanfor arbeidsmarknaden, og å sikre verksemder kompetent og omstillingsdyktig arbeidskraft. Oppgradering av kompetanse er også ei investering i arbeidsevna til vaksne arbeidstakarar og medverkar til nyskaping i næringslivet. Departementet vil i 2003 setje i gang ei kartlegging av behov for kompetanse i den vaksne befolkninga. Kartlegginga skal danne grunnlag for best mogleg utforming av politikken. Departementet vil i den samanhengen også starte ein gjennomgang av vaksenopplæringslova.
Kompetansereforma har gitt rettar som betrar tilgangen til opplæring for alle vaksne. Departementet er i gang med å undersøkje om tiltaka i Kompetansereforma har den effekten ein har venta, og kva for vilkår som må liggje til grunn for å nå målet om livslang læring for alle. I 2002 er fleire større prosjekt avslutta. Det har vore eit mål å utvikle nye modellar for læring for vaksne, både når det gjeld grunnskole og vidaregåande opp-læring. Fjernundervisning er eit tilbod om læring som er tilpassa behova til den einskilde. Departementet vil i 2003 bruke 5 mill. kroner til å utvikle fleksible former for undervisning. Ein har òg hatt som mål å undersøke korleis vaksne kan bli motiverte til å delta i organisert læring. Fleire av prosjekta syner at vaksne treng rådgiving og rettleiing i samband med opplæring. Godt samarbeid mellom ulike offentlege instansar er derfor naudsynt.
Det er framleis behov for meir kunnskap om grupper av vaksne som treng opplæring, men som det kan vere vanskeleg å nå fram til. Departementet vil føre vidare arbeidet med å kartleggje den kompetansen vaksne har når det gjeld lesing, skriving og talforståing gjennom deltaking i det internasjonale forskingsprosjektet Adult Literacy and Lifeskills survey (ALL). Sjå omtale under kap. 258.
Kompetansepolitikken kan ein ikkje sjå isolert. Regjeringa har oppretta Forum for kompetanse og arbeidsliv våren 2002 for å styrkje samarbeidet mellom ulike fagdepartement og representantar for sentrale institusjonar og organisasjonar innanfor feltet kompetanse og arbeidsliv. OECD har nyleg utført to store gjennomgangar av politikken i Noreg på områda livslang læring og vaksenopp-læring. OECD gir positiv omtale for arbeidet med Kompetansereforma, men peikar samtidig på område med behov for meir einsarta politikk og tettare samarbeid mellom ulike politikkfelt.
Utdannings- og forskingsdepartementet vil styrkje deltakinga i internasjonale prosessar for å leggje til rette for livslang læring. Innanfor høgre utdanning har mobilitet og utveksling vore høgt prioritert dei siste åra. No vil departementet intensivere deltakinga i europeisk samarbeid for å betre mobiliteten mellom land også når det gjeld yrkesutdanning og kvalifikasjonar.
Eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse
I perioden 1999-2002 har det gjennom eit omfattande prosjektarbeid blitt utvikla ordningar for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetansen til vaksne. Å anerkjenne all kompetanse uavhengig av kvar og korleis han er tileigna, er ein føresetnad for å skape eit samfunn som opnar for livslang læring for alle. Hovudmålet med prosjektet har vore å etablere eit nasjonalt system med legitimitet i både arbeidslivet og utdanningssystemet. Målgruppa for prosjektet har vore alle vaksne som ønskjer å få realkompetansen sin vurdert i høve til utdanningssystemet, arbeidslivet og organisasjonsmessig verksemd. Vaksne innvandrarar er ein del av målgruppa.
Det nasjonale systemet for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse skal opne for kompetanseheving for dei som treng meir eller endra kompetanse. Systemet skal medverke til å gjere den einskilde vaksne betre rusta til aktiv deltaking i arbeids- og samfunnsliv, og føre til meir effektiv bruk av arbeidskraftressursar. Både EU, OECD og dei andre nordiske landa ønskjer å fremme livslang læring, sysselsetjing og verdiskaping. I den samanhengen utviklar andre land også system for realkompetanse, og Noreg har arbeidd aktivt for å medverke til samarbeid og erfaringsutveksling på dette feltet.
Systemet blir etablert hausten 2002 og vil omfatte:
ordningar for dokumentasjon av den kunnskapen og dei erfaringane som den einskilde har tileigna seg i arbeidslivet og gjennom kurs og deltaking i studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar, folkehøgskolar og frivillige organisasjonar
ordningar for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse inn mot vidaregåande opplæring, noko som gir grunnlag for inntak, avkorting av og tilpassa opplæring
realkompetanse som grunnlag for inntak og avkorting av studium i høgre utdanning
verdsetjing av realkompetanse med sikte på arbeid. Regjeringa vil i den samanhengen fremme ein odelstingsproposisjon hausten 2002 med forslag om endringar i opplæringslova.
Sjå nærare omtale under kap. 258.
Bruk av kompetansen til innvandrarar
Regjeringa har utarbeidd ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Planen inneber m.a. å byggje ned kunnskaps- og kompetansekløfter. Den nye introduksjonsordninga legg også vekt på å styrkje opplæringstilbodet til nyleg komne innvandrarar for å medverke til raskare og betre integrering av desse, jf programkategori 13.20 for Kommunal- og regionaldepartementet. Skal innvandrarar ha grunnlag for sjølvstendig innsats og samarbeid med andre i yrkes- og samfunnsliv treng dei gode norskkunnskapar. Ordninga med norskopplæring for innvandrarar er i denne samanhengen til vurdering. Det blir foreslått at opplæring i norsk for personar som ventar på behandling av søknaden om asyl, fell bort frå 2003, sjå omtale under kap. 254 post 60.
Forsking viser at å kombinere norskopplæring og arbeid er ein effektiv måte å lære språk på, samstundes som det hjelper til å integrere innvandrarar i arbeidslivet. Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner i 2003 for å stimulere verksemder til å satse på å kombinere norskopplæring og arbeid for innvandrarar. Frå 2003 vil verdsetjing av realkompetanse gjennom yrkesprøving også betre høvet for innvandrarar til å synleggjere kompetansen dei har frå heimlandet sitt.
Mål: Betre samspelet mellom utdanning, arbeidsliv og samfunn og opne for nye læringsarenaer
Regjeringa har som mål å gjere utdanningssystemet meir fleksibelt og betre innretta mot individuelle behov for læring. Det er også eit mål å leggje til rette for læring utanfor det ordinære utdanningssystemet.
Forsking viser at arbeidslivet er den viktigaste læringsarenaen for vaksne. Gjennom Kompetanseutviklingsprogrammet har det gjennom fleire år vore i gang prosjekt som tek arbeidsplassen systematisk i bruk i opplæringssamanheng. I 2003 vil det gjennom eit nytt prosjekt bli utarbeidd ein lærevilkårsmonitor som ein reiskap for å måle kor godt den einskilde arbeidsplassen er lagd til rette for opplæring. Sjå omtale under kap. 258.
Forslag til lov om fagskoleutdanning har vore på offentleg høring og vil bli lagt fram for Stortinget hausten 2002. Forslaget inneber at korte praktisk retta utdanningar av god kvalitet kan bli godkjende som fagskoleutdanning gjennom Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Ei offentleg godkjenningsordning vil gi både høgre status til dei utdanningane som blir godkjende, og større tryggleik for studentane ved val av utdanning. Lova vil etablere eit nytt felt innanfor det norske utdanningssystemet og synleggjere fagskoleutdanning som eit kortare og meir yrkesretta alternativ til høgre utdanning ved universitet og høgskolar. Desse utdanningane har auka sterkt i omfang dei siste åra, og dei medverkar til å dekkje etterspørsel etter arbeidskraft. Fagskoleutdanning er tilbod som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Forslaget omfattar utdanning som har eit omfang på minimum eit halvt år og maksimum to år på heiltid. Forslaget inneber at tekniske fagskolar, vidareutdanningar for helse- og sosialpersonell samt ulike private utdanningstilbod, til dømes innanfor IKT, marknadsføring, administrasjon og reiseliv, vil kunne bli godkjende som fagskoleutdanning. Ved at fagskoleutdanningane blir ein formalisert del av utdanningssystemet, legg ein opp til ein modell som også finst i ei rekkje andre OECD-land.
I samband med lovforslaget blir det i budsjettet for 2003 foreslått å opprette eit nytt kapittel 251. Løyvinga på kapitlet gjeld drift av teknisk fagskole frå hausten 2003, og midlane blir foreslått trekte ut av rammeoverføringane til fylkeskommunane og overførte til oppretting av ei ny statleg tilskottsordning. Sjå nærare omtale under kap. 251.
I 2003 blir tilskottet til fjernundervisningsinstitusjonane foreslått avvikla av omsyn til det samla budsjettopplegget, sjå omtale under kap 254.
Det ligg føre forslag til ny lov for folkehøgskolen som vil gi ei enklare forvaltning og større fridom og ansvar for den einskilde skolen.
Kap. 251 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70 | Teknisk fagskole | 110 648 | ||
Sum kap. 251 | 110 648 |
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa:
Post 70 er oppretta med eit forslag til løyving på 110,6 mill. kroner i samband med at midlar til teknisk fagskole er foreslått overført frå Kommunal- og regionaldepartementet, med verknad frå 1. august 2003 .
Post 70 Teknisk fagskole
Ved handsaminga av Innst. S. nr. 177 (2000-2001) og St.meld. nr. 20 (2000-2001) vedtok Stortinget at det skulle utarbeidast forslag til lov om fagskoleutdanning. Forslaget skulle m.a. innehalde lovreglar om teknisk fagskole. Som oppfølging av vedtaket har Utdannings- og forskingsdepartementet våren 2002 sendt forslag til lov om fagskoleutdanning på offentleg høring. Departementet tek sikte på å fremme ein odelstingsproposisjon hausten 2002. Budsjettkonsekvensane av den delen av forslaget som gjeld teknisk fagskole, blir handsama her, slik at ordninga skal kunne tre i kraft frå skoleåret 2003-04.
Teknisk fagskole skal etter gjeldande lov vere eit etter- og vidareutdanningstilbod. Tilbodet skal gi fagarbeidarar og vaksne høve til å gå djupare inn i det faglege, og gi kompetanse for vidare utdanning og leiaropplæring. Inntakskravet er normalt fag- eller sveinebrev på fagområdet, samt eit år med yrkespraksis etter det.
Teknisk fagskole er i dag finansiert gjennom rammeoverføringa til fylkeskommunane. Alle fylkeskommunar er pålagde å gi tilbod om teknisk fagskole, men pålegget blir oppfylt i ulik grad. Sidan teknisk fagskole etter innføringa av Reform 94 ikkje lenger er ein del av grunnopplæringa, foreslår departementet i høringsutkastet at den lovpålagde plikta til å gi slikt tilbod skal falle bort når den nye lova om fagskoleutdanning trer i kraft. Samstundes foreslår departementet at midlane som i dag blir nytta til teknisk fagskole i fylkeskommunane, blir trekte ut av rammeoverføringa, og nytta til å etablere ei tilskottsordning basert på studenttal.
Departementet foreslår å opprette ei ny tilskottsordning for teknisk fagskole frå 1. august 2003 ved å overføre midlar frå rammetilskottet til fylkeskommunane til nytt kap. 251 post 70, jf. kap. 572 post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet. Fylkeskommunar som vel å tilby teknisk fagskole vil få tilskott basert på studenttal.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 306 | 2 390 | 2 483 |
60 | Tilskott til fylkeskommunale folkehøgskolar , kan nyttast under post 70 | 43 805 | 40 475 | 50 737 |
70 | Tilskott til andre folkehøgskolar , kan nyttast under post 60 | 352 743 | 364 128 | 455 880 |
Sum kap. 253 | 398 854 | 406 993 | 509 100 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 60 er oppjustert med om lag 7,8 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i rammetilskottet til fylkeskommunane i samband med at heile det offentlege tilskottet kjem til utbetaling direkte frå staten i 2003.
Post 60 er oppjustert med 1 mill. kroner på grunn av auka pensjonspremie for lærarane ved folkehøgskolane.
Post 70 er oppjustert med om lag 69,9 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i rammetilskottet til fylkeskommunane i samband med at heile det offentlege tilskottet kjem til utbetaling direkte frå staten i 2003.
Post 70 er oppjustert med 9 mill. kroner på grunn av auka pensjonspremie for lærarane ved folkehøgskolane.
Kapitlet omfattar tilskott til:
fylkeskommunale og andre folkehøgskolar
tre folkehøgskoleliknande tiltak
meirutgifter til fire folkehøgskolar med høg del av funksjonshemma elevar
felles pedagogiske utviklingstiltak og prosjekt
nordiske samarbeidstiltak
Folkehøgskolerådet og to folkehøgskoleorganisasjonar
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten omfattar midlar til felles pedagogiske utviklingstiltak, forsøksverksemd, prosjekt, kurs, seminar, utgreiingar, reisestipend og ulike einskildtiltak. Folkehøgskolerådet fordeler ein del av desse midlane etter retningslinjer frå departementet.
Post 60 Tilskott til fylkeskommunale folkehøgskolar, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskott til andre folkehøgskolar, kan nyttast under post 60
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det kan bli oppretta og drive folkehøgskolar. For m.a. å støtte opp om Kompetansereforma er det eit mål at den erfaringa og kompetansen folkehøgskolen har når det gjeld allmenndanning og folkeopplysning, skal syne seg i breidd og aktualitet i kurstilboda.
Rapport for 2001-02
Hausten 2002 er 77 folkehøgskolar i drift. Varna folkehøgskole la ned drifta 1. august 2002 etter to års forsøksverksemd. Tilboda spenner over eit vidt spekter av fag- og emneområde, og varierer frå skole til skole. Samla er søkinga til folkehøgskolen god, men det er til dels store skilnader mellom ulike delar av landet, og mellom einskilde skolar.
Elevtal i folkehøgskolane
År | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
---|---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust) - 16,5-33 veker | 10 914 | 12 259 | 13 494 | 12 907 | 12 302 | 11 252 |
Elevar kortkurs - 3 dagar-16 veker | 16 964 | 17 215 | 14 830 | 16 685 | 16 844 | 19 083 |
Sum elevar | 27 878 | 29 474 | 28 324 | 29 592 | 29 146 | 30 335 |
Årselevar langkurs | 5 726 | 6 354 | 6 966 | 6 608 | 6 358 | 6 161 |
Årselevar kortkurs | 750 | 743 | 611 | 693 | 758 | 897 |
Sum årselevar | 6 476 | 7 097 | 7 577 | 7 301 | 7 116 | 7 058 |
Sum godkjende årselevar/fastsett elevtal | 6 421 | 7 089 | 7 507 | 7 247 | 7 061 | 6 999 |
Tilskottselevar | 7 753 | 7 383 | 7 022 | 6 969 | 7 117 | 7 247 |
Kilde: 1996-2000: Departementet sitt informasjonssystem for folkehøgskolen (DIFF), frå 2001: SSB
Om lag 54 pst. av elevane på langkurs i det siste skoleåret var 19-åringar. Aldersgruppene under 19 år utgjer 22 pst. av elevane på langkurs. Det er ein gjennomgåande tendens at elevalderen blir høgre, og delen av 16- og 17-åringar er redusert. Fleire skolar har innført nedre aldersgrense på 18 år. Kortkursverksemda er i vekst. I 2001 var talet på kortkurselevar det høgste sidan 1992. På kortkurs er det langt større spreiing i alder. Aldersgruppa over 50 år utgjer 53 pst., og berre 8 pst. er under 20 år. Dei norske kortkurselevane kom frå 405 kommunar. I tillegg var det om lag 1200 utanlandske statsborgarar frå 50 ulike land.
Knapt 2/3 av elevane på langkurs er kvinner. Av 19-åringane utgjer kvinnene heile 74 pst. Kvinnene er i klart fleirtal òg på kortkurs.
For å forenkle og gi større fridom og ansvar for den einskilde skolen har Regjeringa foreslått ny lov for folkehøgskolen, jf. Ot.prp. nr. 79 (2001-2002). Forslaget inneber m.a. at tilsynsmannsordninga fell bort, og at skolane får større ansvar for kvalitetsutvikling.
Budsjettforslag for 2003
Postane 60 og 70 må sjåast i samanheng. Dei dekkjer det offentlege tilskottet til ordinær drift ved folkehøgskolane. Post 70 omfattar òg ekstra tilskott til fire folkehøgskolar med høg del funksjonshemma elevar, midlar til felles pedagogiske utviklingstiltak, til arbeidet i råd og organisasjonar i folkehøgskolen og tilskott til felles nordiske folkehøgskoletiltak.
Forslaget inneber også at heile det offentlege tilskottet skal komme frå staten ved at fylkeskommunen sin del av tilskottet (1/6) blir trekt ut av rammetilskottet til fylkeskommunane frå og med 2003, jf. kap. 572 post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet. Tilskottet skal framleis vere delt i tre element: tilskott til husleige, basistilskott og tilskott per elev. Folkehøgskolerådet skal fremme innstilling til fordeling mellom skolane når det gjeld tilskott til husleige.
I forslag til løyving er det sett av midlar i samband med seniorpolitiske tiltak og auka pensjonspremie for lærarane ved folkehøgskolane.
Det blir foreslått at elevar på folkehøgskole skal kunne få årleg støtte gjennom Lånekassen på kr 80 000 frå undervisningsåret 2003-04, jf. kap. 2410.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
60 | Tilskott til norskopplæring for innvandrarar | 657 180 | 601 835 | 625 916 |
62 | Tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16-20 år | 80 721 | 48 255 | |
70 | Tilskott til studieforbund | 212 948 | 210 485 | 201 494 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 27 683 | 28 513 | |
72 | Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes | 6 586 | 5 884 | 7 613 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 8 481 | 8 735 | 8 700 |
Sum kap. 254 | 993 599 | 903 707 | 843 723 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 60 er nedjustert med 31,1 mill. kroner i samband med forsøk med å gi øyremerkte tilskott som rammetilskott.
Tilskottet til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16-20 år er foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2002.
Kapitlet omfattar tilskott til:
norskopplæring for vaksne innvandrarar
studieforbund
kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
vaksenopplæringsorganisasjonar
Post 60 Tilskott til norskopplæring for innvandrarar
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at kommunane tilbyr vaksne innvandrarar norskopplæring som gir tilstrekkelege kunnskapar til vidare utdanning, yrkes- og samfunnsdeltaking.
Rapport for 2001
Tilskottsordninga har omfatta innvandrarar, flyktningar og dei som bur i asylmottak, både dei som ventar på å få avgjort søknad om opphald (asylsøkjarar), og dei med positivt vedtak om busetting.
Norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar 1998-2001
Opplæring | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
---|---|---|---|---|
Undervisningstimar | 673 653 | 916 120 | 1 074 187 | 1 134 254 |
Deltakarar (gjennom året) | 28 957 | 37 574 | 28 101 | 44 088 |
Deltakarar (per 01.12.) - av desse deltakarar i asylmottak | 17 345 3 968 | 22 796 7 848 | 21 856 6 151 | 26 013 7 265 |
Kilde: FRES
Frå 1998 til 2001 har talet på deltakarar auka med om lag 50 pst., medan talet på undervisningstimar har auka med 68 pst. At undervisningstimetalet har auka meir enn deltakartalet, kan mellom anna ha samanheng med at det vart innført nivåbasert opplæring i 1998. Timegrensene vart da utvida frå 500/750 timar til 850 timar gratis norskopplæring. Det vart samtidig opna for at deltakarar med svak skolebakgrunn kan få inntil 3000 timar opplæring. Nivåbasert opplæring påverkar også deltakartalet ved at deltakarane blir verande lenger i opplæring når dei får fleire undervisningstimar. I den opplæringa som er lagd til rette for dei med svak grunnutdanning, var det 11 208 deltakarar i 2001, om lag like mange som året før. Dei fekk i alt 545 000 undervisningstimar. Det er om lag like mange menn og kvinner som tek del i norskopplæringa.
Budsjettforslag for 2003
Frå 1991 til 1. august 1996 fekk ikkje asylsøkjarar tilskott til norskopplæring. Deretter har dei hatt same tilbod som innvandrarar og flyktningar.
Regjeringa har som mål å redusere lengda på opphald i asylmottak gjennom rask handsaming av søknader om asyl.
Budsjettforslaget inneber å fjerne tilskottet til norskopplæring for asylsøkjarar. Dei som bor i mottak med positivt vedtak om busetting, skal framleis få norskopplæring.
På bakgrunn av mellom anna ein venta auke i det gjennomsnittlege talet på undervisningstimar per deltakar (ikkje medrekna asylsøkjarar) og auka arbeidsinnvandring i 2003, er det foreslått å auke løyvinga i høve til 2002. Elles blir løyvinga ført vidare og satsane prisjusterte.
I tillegg er det løyvt midlar til tiltaket over kap. 571 post 68 i budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Det pågår eit tverrdepartementalt arbeid der også tilskottsordninga for norskopplæring for innvandrarar blir vurdert, sjå omtale under kap. 258.
Post 62 Tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16-20 år
Formålet med tilskottet har vore å medverke til at kommunar kan gi grunnskoleopplæring til innvandrarar i alderen 16-20 år som ikkje hadde kunnskapar tilsvarande norsk grunnskole. Tilskottet har gitt innvandrarane høve til å ta grunnskoleeksamen og dermed nytte retten til vidaregåande opplæring.
I 2001 gav 113 kommunar tilbod om grunnskoleopplæring til innvandrarar i alderen 16-20 år. Dei fleste fekk heiltidstilbod på 30 timar i veka. I underkant av 1 900 personar tok del i undervisninga, og om lag 40 pst. av deltakarane var kvinner.
Frå 1. august 2002 fekk alle vaksne rett til grunnskoleopplæring. Retten omfattar også innvandrarar i alderen 16-20 år. I og med at opplæringa for desse er sikra gjennom lovverket, er tilskottet til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16-20 år lagt inn i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2002.
Rett til grunnskoleopplæring gjeld ikkje asylsøkjarar 16-18 år. For å sikre desse grunnskoleopplæring foreslår departementet at tilskottsordninga knytt til grunnskoleopplæring for asylsøkjarar under 16 år blir utvida til også å gjelde asylsøkjarar 16-18 år, jf. kap. 221 post 65.
Post 70 Tilskott til studieforbund
Målsetjing
Formålet med tilskottsordningane er å medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby opplæring for vaksne. Studieforbunda kan med erfaringa og organisasjonsforma si utvikle fleksible og brukartilpassa opplæringstilbod.
Ei utfordring for frivillige organisasjonar som driv vaksenopplæring, er å motivere og engasjere samfunnsgrupper som elles fell utanfor det offentlege utdanningssystemet til å ta del i kompetanseutvikling. Slik aktivitet kan også medverke til å sikre aktive lokalmiljø og større deltaking i demokratiske prosessar.
Rapport for 2001
I 2001 var det i alt 22 studieforbund som etter lov om vaksenopplæring var godkjende med rett til statstilskott. Med vel 400 medlemsorganisasjonar famnar studieforbunda om eit vidt spekter av interesser og ideologiar. Studieforbunda gir tilbod innanfor dei fleste emneområde og fag. Dei kan òg gi formell kompetansegivande utdanning.
Studieforbund. Deltakarar etter alder 1997-2001
I alt | 29 år og yngre | 30-49 år | 50 år og eldre | Alder ikkje kjend | |
---|---|---|---|---|---|
1997 | 711 531 | 206 587 | 233 957 | 139 766 | 131 221 |
1998 | 681 359 | 187 893 | 234 112 | 147 823 | 111 531 |
1999 | 681 845 | 187 626 | 240 783 | 158 793 | 94 643 |
2000 | 666 729 | 175 534 | 226 748 | 166 260 | 98 187 |
2001 | 614 356 | 150 705 | 203 440 | 159 889 | 100 322 |
Kilde: SSB
Talet på deltakarar på kurs i regi av studieforbunda gjekk ned i høve til 2000. Drygt halvparten av deltakarane i 2001 var kvinner. Kvinner var i fleirtal innanfor dei fleste fagområda, medan menn var i fleirtal i realfag, industri- og tekniske fag. Det vart avvikla 54 500 kurs. Studieforbunda rapporterte om nær 1,7 mill. studietimar i 2001.
Det vart gjennomført kurs med tilbod om offentleg eksamen for om lag 17 200 deltakarar. Om lag 10 400 vaksne deltok på kurs tilsvarande nivået i vidaregåande opplæring. Det er nær ei halvering i høve til 2000 når det gjeld både totalt tal på deltakarar og deltakarar på vidaregåande nivå. Av dei på vidaregåande nivå deltok 4 700 på kurs som førte fram til fagprøva etter § 3-5 i opplæringslova. Vel 4 000 personar deltok i studieringar på høgre nivå.
Studieforbunda driv òg opplæring for funksjonshemma, personar med svak førstegongsutdanning og innvandrarar. I 2001 var det 29 900 deltakarar på kurs for særlege målgrupper. Det er ei nedgang på 1 600 i høve til 2000.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget inneber at tilskottet til studieringar på høgre nivå ikkje lenger blir øyremerkt innanfor post 70, men er lagt inn i den generelle ramma på posten. Studieforbunda kan nytte midlar innanfor det generelle tilskottet til formålet. Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir det foreslått å redusere løyvinga på post 70 i høve til 2002.
Departementet vil gå gjennom vaksenopplæringslova, jf. kategoriomtalen. I den samanhengen vil ein m.a. sjå nærare på korleis tilskottet til studieforbunda er innretta.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Målsetjing
Formålet med tilskottet til dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane har vore å gi vaksne høve til å skaffe seg grunnutdanning eller etter- og vidareutdanning som er tilpassa livssituasjonen deira gjennom tilrettelagd undervisning og tovegs kommunikasjon med lærar.
Rapport for 2001
I 2001 mottok 14 frittståande fjernundervisningsinstitusjonar statstilskott.
Frittståande fjernundervisningsinstitusjonar. Fullførte kurs etter alderen på deltakarane 1997-2001.
I alt | 29 år og yngre | 30-59 år | 60 år og eldre | Ikkje oppgitt | |
---|---|---|---|---|---|
1997 | 52 207 | 10 719 | 27 575 | 257 | 13 656 |
1998 | 44 731 | 8 828 | 29 141 | 200 | 6 562 |
1999 | 39 778 | 8 030 | 30 015 | 241 | 1 492 |
2000 | 37 982 | 6 305 | 30 316 | 316 | 1 045 |
2001 | 32 734 | 6 822 | 24 715 | 195 | 1 002 |
Kilde: 1997: KUF, 1998-2001: SSB. På grunn av omlegging av rapporteringa til SSB omfattar tala frå 1998 om lag 95 pst. av totale kursfullføringar. Tala for 1998 kan derfor ikkje samanliknast direkte med andre år.
Statistikken over fullføringar syner ein minkande tendens over fleire år. Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte om lag 5 mill. studietimar i 2001, dvs. 1 mill. færre studietimar enn i 2000. Ordinær brevinnsending er den vanlegaste kommunikasjonsforma, og vart nytta av om lag 27 000 deltakarar i 2001. Sju av ti får tilbod om offentleg eksamen. Drygt halvparten av deltakarane var kvinner.
NKI og NKS er dei institusjonane som har størst aktivitet, og som mottar mesteparten av tilskottet på posten.
Budsjettforslag for 2003
Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir det foreslått å avvikle tilskottet til fjernundervisning frå og med 2003.
Departementet vil nytte 5 mill. kroner til utvikling av fleksible former for undervisning, jf. kap. 258.
Post 72 Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
Målsetjing
Tilskottet skal medverke til drift av Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes, slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som eit alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.
Rapport for 2001
Kvinneuniversiteta har i 2001 hatt tilbod på nivå med vidaregåande opplæring og på høgskolenivå. Dei har òg drive norskopplæring for innvandrarar og gjennomført fleire kurs og prosjekt med kvinneperspektiv. Norsk fredssenter har i 2001 hatt fleire kurs i konfliktløysing og menneskerettar og samarbeider med organisasjonar, institusjonar og personar for å fremme arbeidet for fred og menneskerettar. Studiesenteret Finnsnes vart etablert som eit femårig prøveprosjekt i 1996 og tilbyr kurs og utdanning på ulike nivå innretta mot behova til industri og næringsliv i regionen.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget for 2003 inneber vidareføring av tilskotta til kvinneuniversiteta og Norsk fredssenter på samme nivå som i 2002.
Stortinget vedtok ved handsaminga av Innst. S. nr. 255 (2001-2002) og St.prp. nr. 63 (2001-2002) å løyve midlar til Studiesenteret Finnsnes ut året 2002. Som oppfølging av vedtaket blir det foreslått å føre vidare tilskottet til Studiesenteret Finnsnes i 2003 på same nivå som i 2002.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Målsetjing
Formålet med tilskottet er å medverke til finansiering av drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Voksenopplæringsforbundet (Vofo), Norsk forbund for fjernundervisning (NFF) og International Council for Open and Distance Education (ICDE). Organisasjonane skal ta i vare fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane i høve til departementet, og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.
Rapport for 2001
Vofo er eit felles interesse- og serviceorgan for studieforbunda og har regionale ledd i alle fylka. Vofo driv eit aktivt informasjonsarbeid og tidsskriftet CV, som er det einaste fagbladet for folkeopplysning og læring for vaksne i Noreg. Vofo driv med nyskapingsarbeid og opplæring av medarbeidarar i vaksenopplæringa, og arbeider med å utvikle vidare studieplanar og kursdokumentasjon som gir grunnlag for verdsetjing i høve til realkompetansevurderinga.
NFF er eit felles interesse- og serviceorgan for dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane som m.a. utfører kvalitetssikring av statistikk- og dokumentasjonsordningar og normering av studietilbod. Gjennom «Tunet», som er ein elektronisk møteplass for vaksenopplæring, driv NFF òg informasjonsarbeid og onlineseminar.
Både NFF og Vofo tek del i ulike fora i Kompetansereforma og i ulike samarbeidsprosjekt mellom dei to fellesorgana.
ICDE er ein internasjonal organisasjon for samarbeid, kommunikasjon og utvikling innanfor fjernundervisning og virtuell læring. ICDE har sitt hovudkontor i Noreg.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Kap. 3254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 53 712 | 20 074 | 25 836 |
Sum kap. 3254 | 53 712 | 20 074 | 25 836 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i medhald av statistikkdirektivet til OECD definerast som offisiell utviklingshjelp. Delar av utgiftene til norskopplæring for innvandrarar blir derfor ført til inntekt på post 04.
Kap. 256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 51 864 | 48 906 | 46 868 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 11 260 | 16 354 | 13 492 |
Sum kap. 256 | 63 124 | 65 260 | 60 360 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er nedjustert med om lag 4,9 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av kap. 3256 post 02.
Post 21 er nedjustert med 3,5 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av kap. 3256 post 01.
Kapitlet inneheld midlar til drift av Vaksenopplæringsinstituttet (VOX).
VOX skal vere ein nasjonal pådrivar for vaksne si læring, med særleg vekt på å realisere Kompetansereforma.
VOX skal forske på, utvikle og formidle kunnskap om vaksne si læring for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet og for det einskilde mennesket.
Resultatrapport for 2001-02
Undervisningstilbodet ved VOX vart lagt ned frå 1. august 2002. I Oslo kommune er det lagt til rette for eit tilsvarande tilbod. Oslo kommune har i samarbeid med VOX ført vidare tilbodet for dei deltakarane som var i eit utdanningsløp ved byrjinga av skoleåret 2001-02.
VOX arbeider ut frå ein forskingsprofil der det er lagt særleg vekt på kunnskap som kan medverke til å realisere Kompetansereforma. Forskingsprofilen omfattar m.a. læringsbehov, læringsprosessar og tilrettelegging for læring. Kompetanseutvikling i arbeidslivet er òg eit viktig element i profilen.
Fleire av prosjekta i 2001 har fått finansiering frå EUs rammeprogram. Prosjekta rettar seg mellom anna mot betre forståing av prosessar knytte til deltaking og mangel på deltaking i vaksenopplæring, også blant eldre arbeidstakarar. Innanfor pedagogisk utviklingsarbeid har VOX mellom anna prosjekt som er retta mot norskopplæring for innvandrarar.
VOX har m.a. utarbeidd eit motivasjons- og rettleiingsprogram for vaksne som kvir seg for å ta i bruk IKT. Programmet blir lansert på samisk, nynorsk og bokmål. 145 skolar har meldt seg på opplegget som går ut på at elevane skal lære dei vaksne data.
VOX har ansvaret for drift av større utviklingsprogram som til dømes Kompetanseutviklingsprogrammet, Realkompetanseprosjektet og prosjektet for utvikling av undervisningsmodellar for vaksne i vidaregåande opplæring. Sjå nærare omtale av programma under kap. 258 og 259.
VOX driv informasjonsarbeid retta mot arbeidsliv, opplærings- og forskingsmiljø både i Noreg og i utlandet. VOX har arrangert ei rekkje kurs og konferansar, m.a nettverkskonferansar i samband med Kompetanseutviklingsprogrammet og Realkompetanseprosjektet. VOX driv grøn linje med informasjon om Kompetansereforma. I internasjonale prosjekt innanfor EU-program eller under Nordisk Ministerråd har det vore arbeidt med å etablere nettverk knytte til tema under ansvarsområdet til VOX, m.a. når det gjeld fleksible læringsmodellar og bruk av IKT.
Organiseringa av den statlege utdanningsadministrasjonen er til vurdering i departementet, jf. omtale under kategori 07.10.
Resultatmål for 2003
Det vil bli lagt særskilt vekt på rolla til VOX som tenesteytande institusjon, og institusjonen skal vere ein ressurs for alle som driv med vaksenopplæring. VOX skal ha fokus på vaksenopplæringa og på behov for kompetanseheving i arbeidslivet.
Institusjonen vil i samarbeid med offentlege og private aktørar gi bistand til arbeidet med å leggje til rette for forsking og utviklingsarbeid når det gjeld alle former for vaksenopplæring.
VOX skal arbeide for å få i gang nye forskingsprosjekt ut frå forskingsprofilen sin og utvikle vidare dialogen med brukarar og forskarnettverk både nasjonalt og internasjonalt.
Av utviklingsarbeid skal VOX m.a. leggje vekt på å:
utvikle arbeidslivsretta metodar og strategiar for vaksne si læring i og utanfor arbeidslivet. Dette gjeld norskopplæring for minoritetsspråklege, styrking av lese- og skrivedugleik og matematikkunnskapar hos vaksne, og gjennomføring av program som gir vaksne tilgang til IKT
gjennomføring av program som gir vaksne tilgang til IKT
utvikle nasjonale og internasjonale nettverk med særleg vekt på evner som er nødvendige for fullgod deltaking i arbeids- og samfunnsliv
vere med på å verkeleggjere vaksne sin rett til grunnskole- og vidaregåande opplæring
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget inneber ei vidareføring av løyvinga frå 2002.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Kap. 3256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 7 376 | 12 531 | 9 520 |
02 | Salsinntekter o.a. | 4 151 | 5 657 | 1 028 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 941 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 894 | ||
Sum kap. 3256 | 14 362 | 18 188 | 10 548 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er nedjustert med 3,5 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av kap. 256 post 21.
Post 02 er nedjustert med 4,85 mill. kroner mot ei parallell nedjustering av kap. 256 post 01.
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved VOX.
Inntektene på post 02 kjem m.a. frå sal av læremateriell.
Kap. 258 Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 87 039 | 80 063 | 80 585 |
Sum kap. 258 | 87 039 | 80 063 | 80 585 |
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa:
Post 21 er redusert med 2,1 mill. kroner i samband med at språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar er overført til Læringssenteret, kap. 202 post 01.
Kapitlet omfattar midlar til:
prosjekt for å integrere norskopplæring og arbeid for innvandrarar
prosjekt for å kartleggje behov for kompetanse i den vaksne befolkninga
utvikling av ein lærevilkårsmonitor for læring i arbeidslivet
utgreiingar knytte til norskopplæring for vaksne innvandrarar
utvikling av nye fleksible undervisningsformer
gjennomføring av Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL)
prosjektet Dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse
prosjekt for å auke bruken av IKT i norskopplæringa
deltaking i internasjonale prosjekt
dei variable utgiftene til gjennomføring av Språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar
pedagogisk utviklingsarbeid og tiltak for særlege målgrupper
ankenemnd for utdanningspermisjon
informasjon om vaksenopplæring og Kompetansereform
lønnsutgifter i departementet til avgrensa utviklingsprosjekt knytte til budsjettkapitlet
Resultatrapport for 2001-02
Prosjektet Kartlegging av behov og organisering av tilbod om grunnskoleopplæring for vaksne i 37 prosjektkommunar vart avslutta våren 2002. I sluttrapporten kjem det fram at kvinner var i fleirtal (67 pst.) blant dei som ville ta del i grunnskoleopplæring. Ein av fire hadde utanlandsk bakgrunn. Dei fleste ønskte opplæring i engelsk, medan 80 pst. av deltakarane med utanlandsk bakgrunn ønskte opplæring i norsk. Opplæringa skulle tilpassast behova til deltakarane, og kursdeltakarane har uttrykt at dei var godt nøgde med opplæringa. Eit system for å kartleggje kompetansen til deltakarar som ønskjer grunnskoleopplæring, blir utarbeidd av VOX og Læringssenteret hausten 2002. Systemet skal vere ei hjelp til kommunar og kurstilbydarar for å finne fram til opplæringstilbod som passar bakgrunnen til deltakarane og opplæringsbehova deira.
Gjennom prosjektet MOVI (Motivasjon, veiledning og informasjon) blir det lagt vekt på å finne fram til metodar for å nå grupper som er lite motiverte for opplæring. Prosjektet blir avslutta innan utgangen av 2002, og sluttevalueringa vil skje våren 2003.
I 2001 var 18 800 personar over 20 år i vidaregåande opplæring. I dei siste tre åra har det vore ein reduksjon i delen vaksne deltakarar på om lag 23 pst. Nedgangen er størst for dei som nyttar tilbod på heiltid. Utdanningsnivået i befolkninga har auka over tid, noko som har medverka til å redusere etterspurnaden etter vidaregåande opplæring. Det er flest registrerte arbeidslause i pst. av arbeidsstyrken og flest vaksne elevar i dei nordlegaste fylka. Situasjonen er omvendt i Akershus, her er arbeidsløysa lågast i landet, samstundes som fylket har den lågaste delen vaksne deltakarar. Det indikerer at nivået på arbeidsløysa også verkar inn på etterspurnaden. Ei anna forklaring på nedgangen i talet på vaksne elevar kan vere at dei eksisterande opplæringstilboda framleis ikkje er tilstrekkeleg tilpassa livssituasjonen til vaksne.
Innanfor Realkompetanseprosjektet har over 150 verksemder vore involverte i perioden 1999-2002, og over 6 000 personar har teke del i prosjekt for å utvikle dokumentasjonsordningar i arbeidslivet. Det er også utvikla ordningar for dokumentasjon av den kunnskapen og dei erfaringane som er tileigna gjennom opplæring i studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og folkehøgskolar, og gjennom deltaking i frivillige organisasjonar. Gjennom prosjekt i fylkeskommunane har over 15 000 personar fått vurdert og verdsett realkompetansen sin i høve til vidaregåande opplæring, og alle fylkeskommunane har på plass ei organisering for å kunne utføre oppgåva. Ei evaluering viser at det i løpet av prosjektperioden har utvikla seg ein større grad av aksept mellom arbeidsliv, utdanning og frivillig sektor når det gjeld verdsetjing av realkompetanse. Ei undersøking av dei erfaringane høgskolane har med studentar som er tekne opp på grunnlag av realkompetanse gjennom forsøksordningane, viser at studentane er motiverte og oppnår gode resultat. I tillegg er dei gjennom å bringe erfaringar frå arbeidslivet også med på å styrkje læringsmiljøet. Utdannings- og forskingsdepartementet arrangerte i samarbeid med EU-kommisjonen ein internasjonal konferanse for utveksling av erfaringar med å utvikle ordningar for dokumentasjon og verdsetjing av kompetanse i mai 2002, og vil fortsatt prioritere internasjonalt samarbeid på dette området. VOX leverte sluttrapporten frå Realkompetanseprosjektet i september 2002. Rapporten tilrår kva for ordningar og modellar for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse som skal gå inn i eit nasjonalt system, sjå kategoriomtalen.
Satsinga på utvikling av undervisningsmodellar i vidaregåande opplæring som er tilpassa behova og livssituasjonen til vaksne, vart ført vidare i 2002, og sluttrapport frå prosjekta vil liggje føre i løpet av 2002. VOX har det administrative og faglege ansvaret for prosjekta. Sentrale problemstillingar innanfor dei om lag 40 prosjekta har vore:
overgang mellom grunnskole og vidaregåande opplæring
opplæring på arbeidsplassen
minoritetsspråklege og yrkesopplæring
motivasjon
realkompetanse
tilpassa opplæring
lese-, skrive- og matematikkvanskar
samarbeid mellom aktørar/etatar (fylkeskommune, studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar, Aetat, trygdekontor og sosialkontor)
VOX har ansvar for fleire prosjekt som er retta mot vaksne innvandrarar, mellom anna å utvikle temahefte for opplæring i norsk med samfunnskunnskap. Samfunnsfaglege emne blir også tekne opp i det multimediebaserte læreprogrammet (Migranorsk) som VOX har fått i oppdrag å utvikle.
Etter gjennomført opplæring i norsk med samfunnskunnskap får deltakarane tilbod om å gå opp til Språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar. 2 550 kandidatar var oppe til prøva i 2001, og 87 pst. bestod heile eller delar av prøva. 63 pst. av kandidatane var kvinner.
Det er utarbeidd ein informasjonsplan for å synleggjere satsingar og resultat frå Kompetansereforma, og for å spreie erfaringar. Handlingsplanen for Kompetansereforma er gitt ut i 3. utgåve.
Resultatmål for 2003
Departementet vil setje i gong ei kartlegging av kompetansebehov i den vaksne befolkninga i 2003 som skal danne grunnlag for ei betre politikkutforming på området. Ein vil også kartleggje kor mange som no nyttar retten til grunnskole og vidaregåande opplæring, kva for fag dei tek, kva for opplæringstilbod dei treng, og kor lang tid dei brukar på opplæringa.
I samarbeid med Forskingsrådet vil departementet setje i gang ei ny satsing på langsiktig utdaningsforsking som ei oppfølging av det 5-årige programmet Kompetanse, utdanning og verdiskaping (KUV). Sjå nærare omtale under kap. 200.
For å betre datagrunnlaget nasjonalt for den læringa som går føre seg i arbeidslivet, vil Utdannings- og forskningsdepartementet gi støtte til eit prosjekt for utvikling av ein lærevilkårsmonitor. Lærevilkårsmonitoren vil vere eit måleinstrument som gir ny og systematisk kunnskap på individnivå om læring i arbeidslivet. Eit sett med indikatorar vil bli utarbeidd som kan nyttast til å måle kor godt den einskilde arbeidsplassen er lagd til rette for opplæring. Data vil bli innhenta i samband med Statistisk sentralbyrå si arbeidskraftsundersøking (AKU). Det vil vere høve til å kople informasjonen til andre relevante datakjelder. Prosjektet må også sjåast i samanheng med departementet sitt arbeid med ein nasjonal kompetanserapport, jf. omtale under hovudinnleiinga.
Departementet vil løyve 20 mill. kroner til utvikling av opplegg i verksemder som kombinerer språkopplæring og integrering av innvandrarar i arbeidslivet. Målet er at slike demonstrasjonsverksemder skal medverke til å synleggjere at deltaking i arbeidslivet er ein effektiv måte både til å betre språkkunnskaper og til å integrere innvandrarar.
Som oppfølging av Innst. S. Nr. 197 (2000-2001) og St.meld. nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg skal ein i 2003 setje i gang eit prosjekt for å auke bruken av IKT i norskopplæringa mellom anna for å kunne gi meir fleksible tilbod og betre kvaliteten på opplæringa. VOX får ansvar for å gjennomføre prosjektet, som vil omfatte tilrettelegging av prosjektet og opplæring av lærarar våren 2003. Sjølve prosjektet skal setjast i gang hausten 2003 og avsluttast hausten 2005.
Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe har vurdert ordninga med norskopplæring for innvandrarar. Regjeringa vil følgje opp forslaga gjennom nærare utgreiingar.
Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL) er ei oppfølging av OECD-prosjektet SIALS. Resultat frå SIALS-undersøkinga viste at 30 pst. av den vaksne befolkninga leste for dårleg til å fungere tilfredsstillande i arbeids- og samfunnsliv, noko som danna grunnlag for å setje ekstra fokus på lese- og skriveopplæring for vaksne i Kompetansereforma. I tillegg til å kartleggje lese- og talforståing vil ein i ALL sjå korleis intervjuobjekta løyser både enkle og meir komplekse problem i kvardagen. ALL vil gi samanliknbar informasjon om lesedugleik, talforståing og problemløysing som det ikkje er mogleg å oppnå i ei nasjonal undersøking. Noreg har gjennomført pilotprosjektet og vil gå vidare i hovudprosjektet av ALL, og dei internasjonale resultata vil venteleg liggje føre hausten 2004.
Rapporten «Vurdering av tiltak for personer med språk- og talevansker» vil bli følgd opp i 2003 gjennom oppstart av eit fireårig program om rolla til støttesystemet, verknaden av modellar for samarbeid med helsevesenet og andre habilitetsinstansar, kontroll og kvalitetssikring og logopediske tenester for lærlingar og personar som oppheld seg i utlandet.
Gjennom dei kunnskapane og erfaringane som er tileigna gjennom Realkompetanseprosjektet, ligg det no til rette for at vaksne kan få dokumentert realkompetansen sin utan å gå vegen om tradisjonelle prøveordningar. I 2003 vil ein leggje vekt på å setje i verk og utvikle vidare ordningar for dokumentasjon i arbeidslivet og i frivillig sektor, yrkesprøving og ordningar for verdsetjing og avkorting ved inntak til vidaregåande opplæring på grunnlag av realkompetanse. Ein vil sjå desse prosessane i samanheng med realkompetansevurdering i høgre utdanning. Departementet har delegert ansvaret for den faglege oppfølginga og vidare utviklinga av ordningane til VOX. Arbeidet vil skje i tett samarbeid med dei ulike aktørane.
Eit forslag om endringar i opplæringslova om å styrkje ordninga for realkompetansevurdering mot arbeidslivet har vore på offentleg høring. Forslaget går ut på at vaksne som i dag har rett til vidaregåande opplæring, også får rett til realkompetansevurdering med sikte på direkte kvalifisering for arbeid frå 2003. Innvandrarar og registrerte arbeidssøkjarar er målgrupper.
Opplæring av vaksne må vere tilpassa situasjonen og behovet til den einskilde, derfor står utvikling av kvalitative og fagleg gode undervisningsmodellar og system for rådgiving, rettleiing og informasjon framleis sentralt i Kompetansereforma.
Det administrative og økonomiske ansvaret for Språkprøva i norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar vil i 2003 bli overført frå Studieforbundet Folkeuniversitetet til Læringssenteret. Departementet ser det som ei vinning å samle ansvaret for og kompetansen knytt til utvikling og gjennomføring av prøver hos ein aktør.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
I samsvar med lov om vaksenopplæring § 24, første ledd punkt 3 med tilhørande forskrifter er det mogleg å gi tilskott til kurs for representantar for tilsette i arbeidslivet. Det er frå og med 2003 ikkje foreslått øyremerkte midlar til formålet.
Kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 90 576 | 100 718 | 60 718 |
Sum kap. 259 | 90 576 | 100 718 | 60 718 |
VOX har operatøransvaret for Kompetanseutviklingsprogrammet og har også nytta kompetanse frå andre fagmiljø ved vurdering av søknader og innstilling til programstyret. Programstyret er sett saman av representantar frå partane i arbeidslivet, Nærings- og handelsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet, og avgjer fordeling av midlane i programmet i høve til målsetjingar og føringar som er fastsette i programdokumentet.
Resultatrapport for 2001-02
I 2002 kom det inn 665 søknader, og det vart løyvd midlar til 195 prosjekt. Enkeltverksemder, kommunar, tilbydarar av utdanning, nettverk av verksemder, bransjeorganisasjonar, tariffpartar mv. er blant dei som har teke initiativ til opplæringsprosjekt. Det er løyvd midlar til færre prosjekt i år samanlikna med 2001, men dei einskilde prosjekta har fått større støttebeløp. Kompetanseutviklingsprogrammet har ved tildelinga i år prioritert prosjekt som legg til rette for aktiv bruk av arbeidsplassen som læringsarena, og prosjekt der medverknad frå målgruppa ved utvikling av tiltaka har stått sentralt. I to av tre prosjekt som det vart løyvd midlar til, blir det lagt opp til å integrere IKT og e-læring i opplæringa.
Undervegsevalueringa av programmet konkluderer med at gjennomføringa av programmet er i tråd med dei overordna målsetjingane. Prosjekta reflekterer i stor grad behov i arbeidslivet og er med på å skape og utvikle samarbeidsarenaer mellom dei som tilbyr og dei som ønskjer utdanning. Nye og meir skreddarsydde opplæringstilbod har vorte etablerte, samstundes som eksisterande kurs og utdanning er gjorde meir tilgjengelege lokalt og på arbeidsplassen. For ein del deltakarar har det også resultert i auka formell kompetanse. Meir enn halvparten av prosjekta har som formål å nytte arbeidsplassen som læringsarena. Evalueringa tyder på at opplæring som er nær knytt til arbeidssituasjonen til den einskilde, fungerer betre enn tradisjonell kursverksemd som blir gjord tilgjengeleg på arbeidsplassen. IKT-baserte opplegg utan fysiske samlingar kan vere lite motiverande. Aktørane er godt nøgde med informasjonen frå og samarbeidet med sekretariatet ved VOX. Neste evalueringsrapport vil bli lagd fram våren 2003.
Figur 7.1 nedanfor syner at interessa for å søkje om midlar har auka i privat sektor frå 2001 til 2002. Om lag halvparten av prosjekta det er løyvd midlar til i 2002, er initierte i privat sektor.
Resultatmål for 2003
Kompetanseutviklingsprogrammet har som formål å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning gjennom å gi støtte til utviklingsprosjekt som er tilpassa behov i arbeidslivet. Programmet skal medverke til:
å gjere private og offentlege verksemder betre i stand til å identifisere, uttrykkje og oppfylle kompetansebehova sine
å utvikle vidare arenaer for samarbeid mellom aktørar i arbeidslivet og innanfor utdanningssystemet
å utvikle etter- og vidareutdanning som i større grad er tilpassa behova i arbeidslivet
Undervegsevalueringa av Kompetanseutviklingsprogrammet konkluderer med at liknande opplegg som i dei pågåande prosjekta kan gjennomførast og medverke til auka kompetanse også i andre verksemder, men at gode mekanismar for å spreie kunnskap er naudsynt for å få det til. Ein vil derfor i 2003 leggje særleg vekt på å utvikle vidare nettverk på tvers av bransjar og sektorar, på å samle og spreie kunnskap og på merksemd kring gode arbeidsmåtar og metodar for læring i arbeidslivet og å utvikle databasar over verktøy, metodar og modular.
Budsjettforslag for 2003
Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir det foreslått å redusere løyvinga med 40 mill. kroner. Av løyvinga gjeld 35 mill. kroner faseforskyving, jf. handsaminga i Stortinget av Innst.S. nr. 255 (2001-2002) og St.prp. nr. 63 (2001-2002).
Programkategori 07.60 Høgre utdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0260 | Universitetet i Oslo | 2 645 907 | 2 554 665 | 2 778 775 | 8,8 |
0261 | Universitetet i Bergen | 1 544 076 | 1 552 737 | 1 623 346 | 4,5 |
0262 | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 2 070 595 | 2 011 902 | 2 232 589 | 11,0 |
0263 | Universitetet i Tromsø | 891 935 | 867 846 | 984 309 | 13,4 |
0264 | Noregs handelshøgskole | 215 872 | 184 254 | 211 905 | 15,0 |
0265 | Arkitekthøgskolen i Oslo | 63 929 | 51 728 | 75 726 | 46,4 |
0268 | Noregs idrettshøgskole | 103 575 | 82 625 | 99 912 | 20,9 |
0269 | Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 3269) | 96 832 | 98 242 | 113 617 | 15,7 |
0270 | Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar | 399 113 | 370 887 | 337 971 | -8,9 |
0273 | Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 3273) | 164 736 | 198 804 | 223 016 | 12,2 |
0274 | Statlege høgskolar (jf. kap. 3274) | 6 292 731 | 6 111 811 | 6 575 053 | 7,6 |
0278 | Noregs landbrukshøgskole | 514 659 | 339 471 | 414 007 | 22,0 |
0279 | Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 3279) | 242 928 | 226 583 | 264 268 | 16,6 |
0281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281) | 827 489 | 650 630 | 830 258 | 27,6 |
0282 | Privat høgskoleutdanning | 398 976 | 436 021 | 503 785 | 15,5 |
Sum kategori 07.60 | 16 473 353 | 15 738 206 | 17 268 537 | 9,7 |
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer om lag 17,3 mrd. kroner. Det er ein auke på 1,5 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette utgjer om lag 354 mill. kroner tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Av dei tekniske endringane utgjer overgang til nettobudsjettering for 22 høgskolar ein reduksjon i utgifts- og inntektsløyvinga på kap. 265 og 274 på om lag 331 mill. kroner.
Av dei tekniske endringane utgjer overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse og justering til ny sats ein auke i utgiftsløyvinga på 688,8 mill. kroner.
Dersom ein ser bort frå tekniske endringar, er det ein auke på om lag 7,5 pst. under kategori 07.60 i forslaget til statsbudsjettet for 2003 samanlikna med saldert budsjett for 2002.
Ei hovudprioritering i forslaget til budsjett er om lag 510 mill. kroner til Kvalitetsreforma, ein auke på 220 mill. kroner i høve til midlar som vart løyva til kvalitetsreform/omstilling i 2002. Budsjettforslaget for 2003 inneber òg ein auke i løyvingane til forsking ved universitet og høgskolar på 187 mill. kroner. Av omsyn til det samla budsjettopplegget har Regjeringa ikkje funne rom for å kunne gi startløyving til nye bygg i universitets- og høgskolesektoren i 2003.
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3264 | Noregs handelshøgskole (jf. kap. 264) | 47 080 | |||
3265 | Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265) | 7 305 | 4 671 | -100,0 | |
3268 | Noregs idrettshøgskole (jf. kap. 268) | 27 094 | |||
3269 | Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269) | 4 442 | 1 500 | 1 512 | 0,8 |
3273 | Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273) | 7 516 | 5 792 | 5 962 | 2,9 |
3274 | Statlege høgskolar (jf. kap. 274) | 784 604 | 325 453 | 4 081 | -98,7 |
3278 | Noregs landsbrukshøgskole (jf. kap. 278) | 191 899 | |||
3279 | Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279) | 104 294 | 81 999 | 80 023 | -2,4 |
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281) | 16 679 | 1 285 | 1 335 | 3,9 |
Sum kategori 07.60 | 1 190 913 | 420 700 | 92 913 | -77,9 |
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer 92,9 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 327,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette utgjer 333,9 mill. kroner tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Mål: Studentane skal få ei kvalitativt god utdanning som legg til rette for at dei gjennomfører studia på normert tid
Regjeringa har som mål at Noreg skal vere ein leiande kunnskapsnasjon. Ein føresetnad for dette er at ein har eit utdanningssystem som er prega av kvalitet. Eit godt utdanningssystem er kjenneteikna ved at studieopplegga fremmar læring, modnad og utvikling. Fagleg innhald og gradar må vere organiserte slik at studentane kjem gjennom studieløpa utan unødige opphald og fråfall.
Betre gjennomføringa i studia
Tidsbrukundersøkingar utarbeidde av Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU) syner at mange studentar nyttar få timar i veka på studia. Få krav til aktiv deltaking under studieløpet kombinert med bruk av store eksamenar stimulerer i liten grad til jamn studieaktivitet gjennom studieåret. Det er eit problem at det er svak gjennomføring og store fråfall frå studia. Kvalitetsreforma legg vekt på å ta i bruk nye former for vurdering av studentane, og at studieterminane blir betre nytta. Det er venta at betre oppfølging av studentane og betre studiekvalitet vil auke gjennomstrøyminga. Departementet har innført eit nytt finansieringssystem som premierer dei institusjonane som får studentane gjennom studia. Tabellane nedanfor syner studiepoeng per student ved universitet og høgskolar.
Avlagde studiepoeng per student ved universiteta1)
Institusjon | Studiepoeng per student 1998 | Studiepoeng per student 1999 | Studiepoeng per student 2000 | Studiepoeng per student 2001 |
---|---|---|---|---|
Universitetet i Oslo | 31,35 | 32,37 | 32,22 | 30,09 |
Universitetet i Bergen | 35,13 | 33,54 | 34,17 | 34,62 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 39,87 | 35,64 | 36,84 | 36,87 |
Universitetet i Tromsø | 33,69 | 33,90 | 32,94 | 32,85 |
1)60 studiepoeng svarer til eit års normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på studentar i haustsemesteret og produksjonen av studiepoeng på årsbasis. Doktorgradsstudentar er ikkje med i talgrunnlaget.
Kilde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH).
Universiteta har fleire deltidsstudentar enn høgskolane, og dette gir seg utslag i lågare produksjon av studiepoeng per student. Som ein indikasjon på ulikskap i kor stor del av studentane som studerer på heiltid, kan ein nytte tal frå Statens lånekasse for utdanning over studentar som tek imot studiestøtte. Dersom ein tar omsyn til dette, vil skilnadene mellom institusjonane i avlagde studiepoeng per student bli monaleg lågare.
Avlagde studiepoeng per student ved dei vitskaplege høgskolane1)
Institusjon | Studiepoeng per student 2000 | Studiepoeng per student 2001 |
---|---|---|
Arkitekthøgskolen i Oslo | 39,81 | 40,53 |
Noregs handelshøgskole | 44,91 | 43,11 |
Noregs idrettshøgskole | 36,87 | 45,39 |
Noregs landbrukshøgskole | 44,46 | 42,81 |
Noregs musikkhøgskole | 45,03 | 39,87 |
Noregs veterinærhøgskole | 46,62 | 47,49 |
1) 60 studiepoeng svarer til eitt års normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på studentar i haustsemesteret og produksjonen av studiepoeng på årsbasis.
Kilde: DBH.
Avlagde studiepoeng per student ved dei statlege høgskolane1)
Institusjon | Studiepoeng per student 2000 | Studiepoeng per student 2001 |
---|---|---|
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 46,35 | 47,25 |
Høgskolen i Agder | 46,44 | 46,05 |
Høgskolen i Akershus | 52,47 | 48,90 |
Høgskolen i Bergen | 48,18 | 47,82 |
Høgskolen i Bodø | 42,30 | 42,45 |
Høgskolen i Buskerud | 47,07 | 45,87 |
Høgskolen i Finnmark | 38,91 | 33,60 |
Høgskolen i Gjøvik | 47,04 | 48,93 |
Høgskolen i Harstad | 39,69 | 45,27 |
Høgskolen i Hedmark | 50,52 | 43,23 |
Høgskolen i Lillehammer | 47,67 | 47,58 |
Høgskolen i Molde | 43,95 | 45,69 |
Høgskolen i Narvik | 36,63 | 40,26 |
Høgskolen i Nesna | 42,30 | 44,91 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 50,22 | 46,14 |
Høgskolen i Oslo | 50,19 | 45,84 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 49,11 | 48,21 |
Høgskolen i Stavanger | 43,98 | 42,18 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 46,23 | 43,29 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 49,41 | 51,39 |
Høgskolen i Telemark | 47,79 | 48,36 |
Høgskolen i Tromsø | 48,00 | 49,32 |
Høgskolen i Vestfold | 45,48 | 46,17 |
Høgskolen i Volda | 45,30 | 55,71 |
Høgskolen i Østfold | 42,54 | 45,45 |
Høgskolen i Ålesund | 46,80 | 51,87 |
1) 60 studiepoeng svarer til eit års normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på studentar i haustsemesteret og produksjonen av studiepoeng på årsbasis.
Kilde: DBH.
Kvalitetsreforma
Hovudelementa i Kvalitetsreforma skal vere på plass seinast hausten 2003. Utdannings- og forskingsdepartementet har følgt opp Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001). Som ei oppfølging av denne har departementet lagt fram for Stortinget:
St.meld. nr. 11 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om vurdering av enkelte unntak fra ny gradsstruktur i høyere utdanning, jf. Innst. S. nr. 188 (2001-2002)
St.meld. nr. 16 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om ny lærerutdanning Mangfoldig - krevende - relevant, jf. Innst. S. nr. 262 (2001-2002)
St.meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere kunstutdanning, jf. Innst. S. nr. 214 (2001-2002)
St.meld. nr. 34 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere samisk utdanning og forskning
St.meld. nr. 35 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren
Ot.prp. nr. 40 (2001-2001) Om lov om endringer i lov om universiteter og høgskoler og lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell, jf. Innst. O. nr. 58 (2001-2002)
Ot.prp. nr. 69 (2001-2002) Om lov om endringer i lov 11. juli 1986 nr. 53 om eksamensrett for og statstilskudd til private høyskoler, jf. Innst. O. nr. 71 (2001-2002).
I 2002 vart 290 mill. kroner løyvde for å førebu innføringa av Kvalitetsreforma. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2003 å føre vidare desse løyvingane til tiltak som styrkjer undervisninga. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve 221 mill. kroner i statsbudsjettet for 2003. Samla utgjer dette 511 mill. kroner knytte til Kvalitetsreforma i 2003. Midlane skal nyttast til å gjennomføre Kvalitetsreforma og innføre nye og meir faste studieløp, ny gradsstruktur, meir studentaktiv undervisning, nye vurderingsformer og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Auken i budsjettmidlane til institusjonane i 2003 er fordelte etter avlagde 60-studiepoengseiningar, men med ei vekting på 1,5 for studium på lågare grad ved universiteta sine allmennfakultet. Det er desse studia som har dei største utfordringane knytte til Kvalitetsreforma. Av løyvingane til Kvalitetsreforma er 2 mill. kroner foreslått nytta til produksjon av lærebøker for blinde og svaksynte studentar. I løyvinga inngår òg ein auke i løyvinga på 11,3 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2003, utover budsjettmidlane som blir overførte frå Noregsnettrådet. Løyvinga til Kvalitetsreforma må ein sjå i samanheng med satsinga på forsking. I 2002 vart løyvinga til strategisk prioritert forsking auka med 350 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2001. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2003 å føre vidare desse løyvingane. Vidare foreslår Regjeringa å kanalisere 1/3 av den auka avkastninga frå forskingsfondet direkte til universitet og høgskolar. Dette inneber ei styrking av budsjetta til universiteta og høgskolane med 89 mill. kroner. Vidare vil 27 mill. kroner av det midlertidige overskottet frå fondsavkastninga på kap. 286 i samband med omlegginga med tippemidlar bli foreslått løyvde til vitskapleg utstyr i universitets- og høgskolesektoren. Av Regjeringa sitt forslag om auka løyvingar til forsking er ytterlegare 71 mill. kroner foreslått løyvde direkte til universitets- og høgskolesektoren. Dette utgjer ein samla auke på 187 mill. kroner til strategisk prioritert forsking i 2003, sjå nærare omtale nedanfor.
Utdanningskapasitet
Regjeringa har som mål at utdanningssystemet skal ha ein kapasitet som gjer det mogleg for den einskilde å realisere sine evner og talent. Etter ein kraftig vekst i talet på studieplassar i 1990-åra er det no etablert ein utdanningskapasitet som gjer det mogleg for meir enn halvparten av årskulla å ta høgre utdanning. Det er no godt samsvar mellom kapasitet og søking totalt sett. Tabellen nedanfor syner utviklinga i måltal for registrerte studentar.
Utviklinga i studentmåltal frå 1992 til 20021)
1992 | 1994 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
144 996 | 161 698 | 168 158 | 169 842 | 170 070 | 171 118 | 168 780 | 167 763 | 164 743 |
1)Inkluderer studieplassar som det vart gitt tilskott til ved private høgskolar. Studieplassar ved Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole inngår i tala for heile perioden, sjølv om desse først vart overførte til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med verknad frå og med 1997. I tillegg til studentmåltala i tabellen kjem måltal for eksternt finansierte studentar. I perioden frå 1990 var dette om lag 3 000 studieplassar. For 1999 vart måltalet auka til 5 000 studieplassar, for år 2000 til 6 500 studieplassar og frå 2001 til 7 000 studieplassar.
Frå 2003 går departementet bort frå tidlegare definisjon av studieplassomgrepet som har vore knytt til tal på registrerte studentar. Med det nye finansieringssystemet vil det vere avlagde 60-studiepoengseiningar som gir utteljing i budsjett, og som skal nyttast ved opp- og neddimensjonering av studiekapasitet.
Framlegget til budsjett inneber ein samla reduksjon av budsjettramma for universitet og høgskolar på 11,8 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 5,9 mill. kroner til universiteta, og 5,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Det er foreslått 11,6 mill. kroner til vidareføring av studieplassar og auke av opptak ved prioriterte utdanningar. Det er vidare foreslått omdisponeringar av kapasitet mellom ulike utdanningar. Totalt gir dette ein nettoreduksjon i 2003 på 53 studieplassar (60-studiepoengseiningar) ved universiteta og høgskolane. Netto reduksjonar i studieplassar tilsvarande om lag 1 850 60-studiepoengseiningar som vart fordelt i budsjettet for 2002 får heilårseffekt i 2003 tilsvarande ein budsjettverknad på 16,1 mill. kroner.
I det nye finansieringssystemet for private høgskolar foreslår departementet å gi utteljing for om lag 8 200 60-studiepoengseiningar. I 2002 gir departementet tilskott til omlag 12 000 studieplassar ved private høgskolar. Tala kan ikkje samanliknast direkte, jf. nærare omtale under kap. 282 av nytt finansieringssystem for private høgskolar.
Regjeringa slo i Revidert nasjonalbudsjett for 2002 fast at kapasiteten i tannlegeutdanninga måtte aukast, og skulle komme tilbake til dette i St.prp. nr. 1 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og Innst. S. nr. 255 (2001-2002). Regjeringa foreslår å førebu etableringa eit nytt tannlegestudium ved Universitetet i Tromsø, jf. nærare omtale under kap. 263.
Nøkkeltal for søkning og opptak ved universitet og høgskolar1)
1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 20002) | 2001 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal for søkjarar | 101 288 | 93 172 | 86 644 | 82 818 | 82 483 | 85 307 |
Tal for søkjarar 19-24 år i prosent av totalt tal for søkjarar | 74,4 | 73,0 | 71,8 | 71,1 | 68,8 | 65,7 |
Tal for kvalifiserte søkjarar | 82 294 | 75 656 | 70 043 | 66 581 | 66 823 | 66 000 |
Av desse kvinner (i prosent) | 60,2 | 60,8 | 60,2 | 60,0 | 59,3 | 59,9 |
Tal for kvalifiserte søkjarar utan tilbod | 12 433 | 5 272 | 3 473 | 2 262 | 1 958 | 2 139 |
Tal for personar møtt til studiestart | 45 501 | 43 651 | 43 836 | 43 684 | 44 605 | 46 038 |
Av desse kvinner (i prosent) | 58,9 | 59,8 | 61,0 | 61,0 | 60,2 | 60,4 |
1)I søkjarstatistikken frå Samordna opptak er ikkje Kunsthøgskolen i Bergen, Noregs musikkhøgskole eller høgskolar under andre departement rekna med. Fleire av dei private høgskolane er heller ikkje med i statistikken, men eit klart fleirtal av søkjarane til private høgskolar er med i statistikken.
2)Samordna opptak har endra definisjonen av ein kvalifisert søkjar. Tala for 2000 er difor forskjellige frå tala som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Tala frå 2001 er lagde inn etter den nye definisjonen.
Førebels søkjartal frå Samordna opptak syner at det i 2002 var ein auke på om lag 7,5 pst. samanlikna med 2001. 5 300 søkjarar bad om vurdering på bakgrunn av realkompetanse. Dette er ein nedgang på 11 pst. frå 2001. Det er verdt å merkje seg at auken i søkjartalet for 2002 ikkje kan forklarast med større kull med nittenåringar. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at talet på nittenåringar vil halde seg stabilt på om lag 54 000 fram til 2005, og deretter auke med om lag 10 000 i perioden 2005 til 2010. Situasjonen på arbeidsmarknaden har stor innverknad for søkninga til universitet og høgskolar.
Oversikt over studenttal 2000-02
Registrert 2000 | Registrert 2001 | Måltal 2001 | Måltal 2002 | |
---|---|---|---|---|
Universitet | 74 6641) | 75 2132) | 72 637 | 70 734 |
Vitskaplege høgskolar | 7 2373) | 7 2234) | 6 903 | 6 915 |
Kunsthøgskolar | 780 | 813 | 707 | 707 |
Statlege høgskolar5) | 74 548 | 75 056 | 74 974 | 73 917 |
Sum universitet og høgskolar | 157 229 | 158 305 | 155 221 | 152 273 |
Private høgskolar, kap. 282 | 19 498 | 21 393 | 12 542 | 12 470 |
Sum | 176 727 | 179 698 | 167 763 | 164 743 |
Eksternt finansierte studentar6) | 5 263 | 6 043 | 7 000 | 7 000 |
1)Det var i tillegg registrert 1 047 personar utan studierett ved universiteta.
2)Det var i tillegg registrert 696 personar utan studierett ved universiteta.
3)Det var i tillegg registrert 40 personar utan studierett ved dei vitskaplege høgskolane.
4) Det var i tillegg registrert 45 personar utan studierett ved dei vitskaplege høgskolane.
5)Studentar på ulike forkurs er ikkje med i tala.
6)Eksternt finansierte heiltidsekvivalentar ved statlege høgskolar.
Tabellen ovanfor syner at institusjonane i 2001 totalt sett nådde måltala.
Gjennomføring av Kvalitetsreforma
Rapportering på etatsstyringsmøta viser at dei statlege institusjonane er godt i gang med å realisere dei faglege, økonomiske og organisatoriske elementa i Kvalitetsreforma. Studieprogram blir utvikla, justerte og tilpassa til ny gradsstruktur. Vidare blir det lagt til rette for nye studentaktive lærings- og vurderingsformer. For studentar som alt er i gang med eit studieløp, blir det arbeidd med overgangsordningar og informasjon om nytt gradssystem.
Kvalitetsreforma inneber at det blir innført eit nytt gradssystem som består av den treårige graden bachelor (lågare grad) og den toårige graden master (høgre grad). Nokre utdanningar er haldne utanfor denne modellen i høve til gradstitlar og med omsyn til studielengd.
Svært mange høgskolar, både statlege og private, har ønskt å gå over til nye gradar frå hausten 2002. Alle dei private høgskolane som har søkt om bachelorgraden anten for ei treårig grunnutdanning eller for ei anna treårig samansetjing av studium med eksamensrett, får rett til graden. Fleire av dei private høgskolane har komme langt i arbeidet med å setje i verk dei andre elementa i Kvalitetsreforma.
Fleire universitet og høgskolar er i gang med å utvikle nye studieløp innanfor bachelorgraden. Det er òg utvikla planar for mange nye masterstudium ved statlege høgskolar. Nokre er godkjende for etablering, nokre har fått avslag på fagleg grunnlag, men dei fleste er framleis under vurdering av fagleg sakkyndige.
Departementet har sett i gang arbeidet med nye rammeplanar for lærarutdanningane i samsvar med Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 16 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 262 (2001-2002). Det blir mellom anna lagt vekt på å styrkje yrkesrettinga av utdanningane, jf. omtale under kap. 274. Det er viktig at fleire lærarar får både fagleg og pedagogisk utdanning på høgre grads nivå, og at det blir utvikla yrkesretta mastergradar. Utdanningsinstitusjonane må særleg arbeide for å auke talet på lærarar med realfag, språkfag og enkelte yrkesfag. Departementet vil mellom anna utarbeide eit grunnlag for å komme nærare tilbake til ei ordning med avskrivningar av studielån eller tilsvarande ordning for nyutdanna lærarar som har høgre grads utdanning i visse realfag og språk.
Finansiering av Kvalitetsreforma er prioritert av Regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2003, sjå omtale ovanfor. Studentane ved dei private høgskolane blir òg omfatta av Kvalitetsreforma. Det blir derfor foreslått at budsjettmidlane til Kvalitetsreforma blir fordelte også til private høgskolar.
Nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar
Frå og med budsjettåret 2002 er det innført eit nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskolar, med unntak for kunsthøgskolane. Det blir mellom anna lagt meir vekt på resultatbasert finansiering. Modellen skil mellom basisfinansiering, undervisningsfinansiering og forskingsfinansiering, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002). Forskingsfinansieringa er nærare omtalt nedanfor. Talet på 60-studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar er grunnlaget for den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. For å fange opp forskjellar i undervisningstilboda er studia fordelte på seks ulike kostnadskategoriar. Dei ulike studia er plasserte i dei ulike kategoriane etter ei nøye vurdering. Det er viktig at det nye finansieringssystemet er pårekneleg, og at ein ser verknadene av systemet før ein gjer større endringar. Departementet vil derfor ikkje endre plassering av studium i kostnadskategori før ein har eit betre erfaringsgrunnlag. Departementet vil komme tilbake til dette i samband med forslag til budsjett for 2004. Frå 2004 legg departementet opp til å prisjustere satsane i resultatbasert undervisningsfinansiering.
Tabellane nedanfor viser samla resultatkrav og budsjetteffekt i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa for institusjonane for 2003. Når ein ser universitet og høgskolar under eitt, viser tabellen ein samla reduksjon på om lag 12,9 mill. kroner. Sjå elles oversikt over utteljing i både undervisningsfinansieringa og forskingsfinansieringa nedanfor.
Samla resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengs-einingar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengs-einingar 2001 | Tal på utvekslings- studentar 2000 | Tal på utvekslings- studentar 2001 | |
---|---|---|---|---|
Universitet | 39 102 | 39 380 | 3 605 | 3 080 |
Vitskaplege høgskolar | 4 775 | 4 760 | 539 | 628 |
Statlege høgskolar | 58 251 | 57 720 | 1 835 | 1 687 |
Totalt | 102 129 | 101 860 | 5 979 | 5 395 |
Samla budsjetteffekt i resultatbasert undervisningsfinansiering
(beløp i 1 000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Utteljing avlagde studiepoeng | Utteljing utvekslingsstudentar | Sum | |
Universitet | 7 167 | -2 625 | 4 542 |
Vitskaplege høgskolar | 439 | 445 | 884 |
Statlege høgskolar | -17 545 | -740 | -18 285 |
Totalt | -9 939 | -2 920 | -12 859 |
Departementet har gjennomgått finansieringsordningane for private høgskolar som ei oppfølging av Budsjett-innst.S. nr. 12 (2001-2002). Departementet har utarbeidd eit nytt finansieringssystem for dei private høgskolane som i hovudsak byggjer på prinsippa i finansieringssystemet for dei statlege institusjonane med ei tredelt finansiering, jf. nærare omtale under kap. 282.
Kvalitetssikring
For å sikre gode læringsmiljø prega av høg kvalitet er institusjonane pålagde å evaluere og utvikle kvaliteten i fagtilboda, gjennomgå studieplanane og utvikle nye studieløp.
Noregsnettrådet har gjennomført eit pilotprosjekt for å utvikle og prøve ut eit kvalitetssikringssystem ved fire institusjonar. Dette omfatta eit universitet, ein vitskapleg høgskole, ein statleg og ein privat høgskole. Prosjektet er evaluert av ein ekstern komité. Det er viktig at alle institusjonar i sitt vidare arbeid med å innføre eit kvalitetssikringssystem dreg nytte av dei erfaringane som er gjorde gjennom pilotprosjektet.
Noregsnettrådet har avslutta institusjonsevalueringa av alle universiteta. Det blir arbeidd med oppfølgingsplanar ved universiteta, og departementet vil følgje opp desse på etatsstyringsmøta.
Institusjonane har i stor utstrekning fått fridom til å etablere nye studium, og dei er pålagde å innføre system for kvalitetssikring av utdanninga. Den reviderte privathøgskolelova gir større faglege fullmakter til privathøgskolar som får institusjonsakkreditering, sjå nærare omtale under kap. 282.
Regjeringa vil frå 1. januar 2003 etablere eit organ for akkreditering og evaluering. Interimsstyret for dette organet, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), er oppnemnt. NOKUT vil få i mandat å evaluere systema for kvalitetssikring ved institusjonane, og skal også evaluere studietilbod. NOKUT skal i tillegg akkreditere institusjonar som søkjer om og fyller vilkåra for å endre status, og skal vurdere studietilbod som institusjonen sjølv ikkje har fridom til å opprette.
Eit heilskapleg læringsmiljø
Institusjonane er pålagde å utarbeide handlingsplanar for funksjonshemma studentar. Våren 2003 blir det lagt fram ei stortingsmelding om mål, strategiar og tiltak for funksjonshemma. Det er naturleg at funksjonshemma i høgre utdanning blir ein del av meldinga.
Departementet legg opp til å halde oppe nivået på studentbarnehageplassane i 2003. Sjå kapittel 270 for nærare omtale. Stortinget gjorde i samband med handsaminga av Ot.prp. nr. 40 (2001-2002), jf. Innst. O. nr. 58 (2001-2002), vedtak om at Regjeringa innan utgangen av 2002 skulle komme tilbake med forslag om ei uavhengig offentleg tilsynsordning med sanksjonsmynde som skal sjå til at institusjonane følgjer opp sitt ansvar for læringsmiljøet til studentane. På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak har departementet sett i gang eit utgreiingsarbeid, med tanke på å fremme eiga sak om dette spørsmålet for Stortinget.
Det er sett av 2 mill. kroner til ei styrking av støtta til produksjon av lærebøker for blinde og svaksynte, sjå omtale under kap. 326 i budsjettproposisjonen til Kultur- og kyrkjedepartementet.
Rekruttering av minoritetsspråklege studentar og styrking av flerkulturall forståing
Institusjonane må arbeide for å rekruttere fleire studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn til høgre utdanning generelt og til lærarutdanning spesielt. Ein må leggje til rette for ulike studieløp som kan tene som vidare kvalifisering av minoritetsspråklege som har erfaring frå arbeid i skole og barnehage. Departementet vil prioritere midlar til desse tiltaka og til utvikling av nye studium om flerkulturelle spørsmål.
Mål: Å utføre forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet
Institusjonane må prioritere forskingsvilkår som fører til kvalitet i forskinga, jf. tilrådingane i St.meld. nr. 35 (2001-2002) i høve til organisering og utvikling av forskinga ved universitet og høgskolar. Der vart det lagt vekt på at leiinga ved institusjonane i større grad må fokusere på strategisk utvikling av forskingsmiljøa. Det er derfor naudsynt at institusjonane går gjennom alle ledd i organisasjonen og vurderer kritisk om han er eigna til å oppfylle dei mål og strategiar som institusjonen har fastsett, og som følgjer av dei overordna sektorpolitiske måla.
I arbeidet med å utvikle profilerte forskingsmiljø vil det vere viktig å styrkje den faglege leiinga. Departementet føreset at institusjonane formulerer mål, krav og forventingar til alle leiarar ved institusjonen, og at dei identifiserer dei verkemidla som kvar enkelt leiar rår over. Det er eit fagleg leiaransvar å leggje til rette for at forskinga kan gå føre seg i gode forskingsmiljø med fleire samarbeidande forskarar og eventuelt forskarstudentar. Det er også eit fagleg leiaransvar å følgje opp at tilsette oppfyller både undervisningsplikt og forskingsplikt.
I strategisk utvikling av forskingsmiljø vil ein aktiv rekrutterings- og personalpolitikk ha stor verdi, jf. tilrådingane i St.meld. nr. 35 (2001-2002).
Det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar legg opp til resultatbasert fordeling av budsjettmidlane. Institusjonane bør òg utvikle interne resultatbaserte modellar for budsjettfordeling.
Vekst i talet på doktorgradar og krav om auka kvalitet
I Noreg er talet på avslutta doktorgradar meir enn dobla i 1990-åra. Tal frå NIFU syner likevel at veksten i Noreg er den lågaste av dei nordiske landa. Tabellen nedanfor gir ei oversikt over talet på doktorgradar per institusjon i Noreg i perioden 1994-2001.
Talet på doktorgradar per institusjon 1994-2001
Institusjon | Avslutta doktorgradar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
Universitetet i Oslo | 155 | 192 | 218 | 242 | 224 | 269 | 229 | 232 |
Universitetet i Bergen | 113 | 136 | 116 | 100 | 129 | 132 | 125 | 130 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 181 | 173 | 172 | 185 | 186 | 207 | 187 | 174 |
Universitetet i Tromsø | 42 | 45 | 46 | 39 | 59 | 48 | 51 | 62 |
Noregs handelshøgskole | 10 | 12 | 11 | 10 | 19 | 9 | 12 | 11 |
Noregs idrettshøgskole | 2 | 1 | 1 | 4 | 5 | 3 | 2 | 9 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 1 | 1 | 2 | 0 | 2 | 1 | 3 | 3 |
Noregs landbrukshøgskole | 32 | 27 | 24 | 35 | 41 | 28 | 32 | 36 |
Noregs veterinærhøgskole | 12 | 14 | 11 | 9 | 7 | 7 | 8 | 12 |
Det teologiske menighets- fakultet | 3 | 1 | 1 | 1 | 5 | 2 | 2 | 4 |
Handelshøyskolen BI | 3 | |||||||
Høgskolen i Stavanger | 2 | |||||||
Sum | 551 | 602 | 602 | 625 | 677 | 706 | 651 | 678 |
Prosentdel kvinner | 28 | 31 | 34 | 32 | 32 | 38 | 35 | 33 |
Kilde: Doktorgradsregisteret, Norsk institutt for forskning om utdanning (NIFU). DBH (Database for statistikk om høgre utdanning) for 1998-2001.
Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 110 (1999-2000), jf. St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille, at veksten i talet på rekrutteringsstillingar i perioden 2001-05 skal vere på minst 150 i dei to første åra, og hevast til minst 200 i dei neste tre åra. I 2001 vart det løyvd midlar til 258 nye stipendiatstillingar, og i 2002 vart det løyvd midlar til ytterlegare 158 stipendiatstillingar.
Trass i veksten i avslutta doktorgradar i 1990-åra kan det på sikt bli mangel på vitskapleg personell ved universitet og høgskolar. Naturleg aldersavgang kan saman med auka konkurranse om vitskapleg kvalifisert personale gi eit erstatningsbehov som overstig talet på dei som avsluttar doktorgradar innanfor fleire fagfelt. Ei naudsynt omstilling til eit meir FoU-intensivt næringsliv tilseier også at det er behov for fleire med doktorgrad i privat næringsliv. For å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale foreslår Regjeringa i St.meld. nr. 35 (2001-2002) at den gjeldande opptrappingsplanen for doktorstipendiatstillingar blir utvida til 350 nye stipendiatar årleg frå 2004 til 2007. Regjeringa har som mål å utdanne 1 100 doktorandar årleg. For å nå dette målet må gjennomstrøyming og fullføringsgrad i forskarutdanninga betrast samtidig som det vert oppretta fleire stipendiatstillingar. Regjeringa foreslår å opprette 200 nye doktorstipendiatstillingar ved universiteta og høgskolane i 2003, sjå nærare omtale nedanfor. I tillegg er det forventa at auka avkastning frå forskingsfondet òg skal føre til ytterlegare nye stipendiatstillingar, jf. kategori 07.70.
Våren 2002 vart det lagt fram ein evalueringsrapport om norsk forskarutdanning som foreslår endringar og tiltak for å betre utdanninga av doktorgradskandidatar. Rapporten er på høring med frist 1. november 2002. På bakgrunn av funna i rapporten må institusjonane setje i gang arbeid for å betre gjennomstrøyminga og fullføringsgraden i forskarutdanninga. I det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar gir talet på doktorgradskandidatar økonomisk utteljing.
For å oppnå betre ressursutnytting i norsk forskarutdanning vil departementet leggje vekt på kor gode resultat institusjonane kan vise til når det gjeld gjennomføring ved tildeling av nye doktorstipendiatstillingar. Ei slik vektlegging vil krevje betre kunnskap om gjennomstrøyming og fullføringsgrad for doktorgradsstudentar enn det som no er tilgjengeleg. Departementet vil derfor opprette eit doktorstudentregister, i samsvar med forslaget i evalueringsrapporten om norsk forskarutdanning frå Noregs forskingsråd.
Forskingsomfang
Tabellen nedanfor syner det samla talet på vitskapleg tilsette. Mellombels tal frå NIFU syner at dei totale FoU-utgiftene i universitets- og høgskolesektoren i 2001 var på 6,1 mrd. kroner.
Tal på årsverk i vitskaplege stillingar 2001 (pst. kvinner i parentes)
Universitet | Vitskaplege høgskolar | Statlege høgskolar | Kunst- høgskolar | Sum alle institusjonar | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Professor | 1 821 | (14) | 243 | (8) | 169 | (9) | 27 | (44) | 2 260 | (13) |
Høgskoledosent | 47 | (15) | 47 | (15) | ||||||
Førsteamanuensis/førstelektor | 1 373 | (31) | 273 | (27) | 1 277 | (25) | 26 | (33) | 2 949 | (28) |
Amanuensis/ høgskolelektor/ universitetslektor | 459 | (38) | 81 | (32) | 2 909 | (51) | 47 | (53) | 3 496 | (49) |
Bistillingar | 133 | (9) | 16 | (5) | 28 | (5) | 3 | (24) | 180 | (8) |
Stipendiatar | 1 850 | (43) | 212 | (49) | 141 | (44) | 2 203 | (43) | ||
Andre vitskaplege stillingar1) | 639 | (39) | 104 | (41) | 10 | (48) | 753 | (39) | ||
Sum | 6 275 | (30) | 929 | (30) | 4 581 | (41) | 103 | (44) | 11 888 | (35) |
1)Andre vitskaplege stillingar omfattar stillingsnemninga «forskar», samt postdoktor.
Kilde: DBH. Data per 30. september 2001.
Forskingsfinansiering
I samarbeid med universitet og høgskolar arbeider departementet med å utvikle vidare den resultatbaserte forskingsfinansieringa. Desse endringane i finansieringssystemet skal gi insentiv og premiere gode kvantitativt målbare resultat av forsking, til dømes publikasjonar og avlagde doktorgradar. Ein indikator kan òg vere ekstern finansiering som er oppnådd på bakgrunn av ei vurdering av kvaliteten. Bruk av kvantitative indikatorar, til dømes publikasjonar, i finansieringssystemet gir utfordringar knytte til å fange opp ulike fagtradisjonar og kvalitet ved forskinga. Systemet skal gi grunnlag for at institusjonane kan konkurrere på like vilkår, og medverke til langsiktig forsking. Departementet vil gjennomføre ei vurdering i nært samarbeid med institusjonane.
I budsjettet for 2003 er det forslag om å auke løyvinga til forsking ved universitet og høgskolar med 187 mill. kroner tillegg til forslag om å føre vidare 350 mill. kroner løyvde i 2002, jf. omtale ovanfor. Til universitet og vitskaplege høgskolar foreslår departementet å løyve 39,3 mill. kroner til 147 nye doktorstipendiatstillinger og 70 mill. kroner i strategiske forskingsmidlar. I budsjettet for 2002 vart det løyvd 15 mill. kroner til eit nytt forskingsprogram under Noregs forskingsråd for statlege høgskolar, og departementet foreslår ytterlegare 15 mill. kroner til forskingsprogrammet i 2003, slik at dette samla får ein storleik på 30 mill. kroner i 2003. I tillegg foreslår departementet å løyve 10,7 mill. kroner til 40 nye doktorstipendiatstillingar til dei statlege høgskolane. For å opprette ein forskingskomponent i det nye finansieringssystemet for private høgskolar foreslår departementet 10 mill. kroner til private høgskolar, i tillegg til forslag om 2,4 mill. kroner til 9 nye doktorstipendiatstillingar. Til stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid og Universitetsstudia på Svalbard er det foreslått til saman 4 nye stipendiatstillingar, sjå nærare omtale nedanfor. Regjeringa ønskjer å styrkje FoU-relatert innovasjon. I budsjettforslaget for universitet og høgskolesektoren er det foreslått å løyve 6 mill. kroner til FORNY-programmet og 1,5 mill kroner til MOBI-programmet (Mobilisering for FoU-relatert innovasjon). Sjå elles nærare omtale under kategori 07.70. Til Artsdatabanken foreslår departementet å auke løyvinga med 4 mill. kroner slik at samla løyving på budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er på 6 mill. kroner.
Departementet foreslår å føre vidare 125 mill. kroner til vitskapleg utstyr til universiteta frå budsjettet for 2002, og at det blir gitt ein ytterlegare auke på til saman 27 mill. kroner i utstyrsmidlar til Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. Fordelinga av budsjettmidlar til vitskapleg utstyr må vurderast i samband med dei årlege budsjettforslaga.
Som ei følgje av auka lønns- og pensjonsutgifter er satsane for nye stillingar i 2003 endra til kr 535 000 for stipendiatar og kr 633 000 for postdoktorstillingar.
Sjå elles oversikt over utteljing i både forskingsfinansieringa og undervisningsfinansieringa nedanfor.
Kvinner i forskinga
Regjeringa har som mål å auke talet på kvinner i vitskaplege stillingar. Sjølv om kvinner utgjer eit fleirtal av studentane, er talet på kvinner i vitskaplege stillingar framleis lågt, jf. tabellen ovanfor. For å få til ei jamnare fordeling av talet på kvinner og menn i desse stillingane sette departementet av budsjettmidlar til 40 nye postdoktorstillingar og 20 nye professorstillingar særskilt for kvinner i 2001. I 2002 vart 10 nye professorstillingar øyremerkte kvinner. Spørsmålet om øyremerking av stillingar for kvinner er i samsvar med EØS-avtala, vil komme opp for EFTA-domstolen i løpet av hausten 2002.
Det er viktig at institusjonane fører ein medviten personalpolitikk for å rekruttere kvinner. Vidare er det viktig å kvalifisere kvinnelege tilsette for opprykk. Kvinner med solid førsteamanuensiskompetanse kan til dømes i ein overgangsfase bli gitt ekstra gode vilkår for forsking for å opparbeide seg professorkompetanse, og det kan vurderast å opprette mentorordningar for kvinner i rekrutteringsstillingar og for einskilde andre grupper.
Institusjonane er pålagde å utarbeide handlingsplanar for likestilling. Desse skal innehalde måltall for kjønnsfordeling og tiltak for å nå måla.
Departementet vil endre regelverket slik at det framgår at doktorgradsstipendiatar har rett til forlenga åremålstilsetjing ved til dømes svangerskapspermisjon.
Departementet vil arbeide for å betre kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med likestilling. Noregs forskingsråd har utarbeidd rapporten «Kvinner i forsking», der den sentrale konklusjonen er at likestillingsperspektiv må integrerast i heile verksemda ved institusjonane. Departementet følgjer opp dette, sjå nærare omtale under kategori 07.70.
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over avslutta doktorgradar etter fagområde og kjønn i 1993 og 2001. Tabellen syner ein vekst i kvinneandelen når ein ser alle fagområda under eitt, men frå 2000 til 2001 var det ein mindre nedgang i talet på kvinner som avslutta ein doktorgrad, sjå tabell ovanfor.
Doktorgradar etter fagområde og kjønn 1993 og 2001
Pst. av alle dr. gradar | Pst. kvinner | |||
---|---|---|---|---|
1993 | 2001 | 1993 | 2001 | |
Humaniora | 8 | 12 | 26 | 44 |
Samfunnsvitskap | 12 | 16 | 23 | 37 |
Matematikk/naturvitskap | 28 | 26 | 21 | 33 |
Teknologi | 25 | 17 | 15 | 15 |
Medisin | 19 | 22 | 38 | 38 |
Landbruksvitskap/veterinærmedisin | 8 | 7 | 46 | 38 |
Sum | 100 | 100 | 25 | 33 |
Kilde: Doktorgradsregisteret, NIFU.
Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid
Saman med institusjonane har departementet oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med tilrådingane i St.meld. nr. 18 (2001-2002). Programmet skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis på linje med dei organiserte doktorgradsprogramma, og skal vere ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. For 2002 vart det løyvd midlar til fire stipend, og departementet foreslår å løyve midlar til 2 nye stipend utover dette i 2003.
Samisk forsking
St.meld. nr. 34 (2001-2002) er til handsaming i Stortinget. Meldinga inneheld framlegg om ei rekkje tiltak for å styrkje samisk utdanning og forsking. Mellom anna blir det foreslått å auke rekrutteringa til samisk forsking ved universitet og høgskolar gjennom Noregs forskingsråd. Det blir òg gjort framlegg om å styrkje Program for samisk forsking i Noregs forskingsråd, og styrkje samarbeidet mellom relevante forskings- og utdanningsinstitusjonar.
Innovasjon
Regjeringa fremma våren 2002 Ot.prp. nr. 67 (2001-2002) med forslag til endringar i lov av 17. april 1970 nr. 21 om retten til oppfinnelser som er gjort av arbeidstakere. Proposisjonen er ei oppfølging av St.meld. nr. 39 (1998-1999). I proposisjonen er det fremma forslag om at universitet og høgskolar kan overta retten til økonomisk utnytting av patenterbare oppfinningar som er gjorde av tilsette ved institusjonen. Samstundes får dei vitskapleg tilsette ein lovfesta rett til å publisere forskingsresultata sine, sjølv om dette er til hinder for næringsmessig utnytting. Verdiane frå oppfinningane blir delte mellom forskar og institusjon. Forslaga i proposisjonen inneber at ein legg eit større ansvar på utdanningsinstitusjonane for å medverke til at resultat frå forskinga kjem samfunnslivet til gode gjennom kommersialisering. Arbeidet med oppfølging av proposisjonen vil bli sett i samanheng med Regjeringa sitt arbeid med ein heilskapleg norsk innovasjonspolitikk. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2003 midlar til FoU-basert innovasjon over kategori 07.60, jf. ovanfor. Sjå elles omtale under kategori 07.70.
Museum
Universiteta i Noreg har store natur- og kulturmuseumseiningar. Dei vitskaplege samlingane dannar basis for forsking, undervisning og formidling innanfor mange fagområde. Samlingane dokumenterer natur, kultur og livskåra til menneska gjennom tidene. Nye funn og undersøkingar inneber stadig tilvekst til samlingane. Universitetsmusea er òg viktige dokumentasjonssentre. Som tverrfaglege kompetansesentra skal dei tene samfunnet og andre museum. Dei har eit særleg ansvar for å opplyse allmenta gjennom utstillingar, forelesingar og ved andre formidlingstiltak. Dei kulturhistoriske avdelingane er viktige aktørar i det arkeologiske forvaltningsarbeidet (utgravingar og ivaretaking av kulturminner), medan dei naturhistoriske einingane har ei viktig rolle å spele som artsbankar og miljøarkiv.
Riksrevisjonen gjer for tida ein analyse av fleire statlege museum, blant dei universitetsmusea. Målet er å undersøkje om musea tek vare på og sikrar dei statlege samlingane i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader samt faglege normer og statleg regelverk.
Mål: Å styrkje universitet og høgskolar som sjølvstendige lærestader og forskingsinstitusjonar, og utvikle deira evne til å møte behov i samfunnet
Universitet og høgskolar har i dei siste åra fått auka fagleg, økonomisk og organisatorisk fridom. Dette gir institusjonane større handlingsrom til å møte utfordringane i samfunnet og endra behov for utdanning. Departementet er oppteke av å gi universitet og høgskolar fridom til å møte målsetjingane i Kvalitetsreforma, og har tru på at institusjonane sjølve finn dei rette verkemidla for å nå måla. Departementet vil derfor sette færre resultatmål for den einskilde institusjonen, jf. omtale under institusjonskapitla. Det er og viktig for departementet å gi institusjonane auka fridom til å verne om si faglege sjølvstende.
Departementet tildelte frå midten av 90-åra knutepunktfunksjonar til ein del statlege og private høgskolar. Knutepunktfunksjonane vart gitte anten til fagmiljø som var særskilt sterke, eller til studietilbod som var unike i nasjonal samanheng. Målet med desse prosessane var å styrkje samarbeidet og arbeidsdelinga innanfor Noregsnettet. Noregsnettrådet har gjennomført ei evaluering av knutepunktfunksjonane, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). I evalueringa kom det fram at ordninga ikkje har hatt den ønskte effekta. På grunn av denne evalueringa og i tråd med den auka fridommen for institusjonane ønskjer ikkje departementet å halde oppe ordninga med å tildele knutepunktfunksjonar. Det er likevel svært viktig at institusjonane held fram arbeidet med å utvikle sin eigen profil og definere særskilde satsingsområde, samstundes som dei styrkjer samarbeidet med andre institusjonar om studietilbod og forsking. Departementet vil ta dette temaet opp på dei årlege etatsstyringsmøta med kvar einskild institusjon.
Ny lov for universitet og høgskolar
Lov om universitet og høgskolar fastset rammene for verksemda til dei høgre statlege utdanningsinstitusjonane. Som eit ledd i Kvalitetsreforma vedtok Stortinget sentrale endringar i lova, jf. Innst. O. nr. 58 (2001-2002) og Ot.prp. nr. 40 (2001-2002).
Styret ved institusjonane får mynde til å fastsetje den interne organiseringa ved institusjonen. Samstundes er lovkravet om at institusjonen skal ha eit råd fjerna. Endringane vil styrkje styret si strategiske rolle og gjere styret sitt ansvar tydelegare. Talet på styremedlemmer skal vere elleve, og talet på eksterne medlemmar blir utvida til fire. Inga einskild gruppe i styret vil ha fleirtal aleine. Etter framlegg frå styret kan departementet fastsetje at rektor skal tilsetjast på åremål. Leiar for avdeling eller grunneining kan veljast eller tilsetjast på åremål.
Institusjonane får rett til å tilsetje i undervisnings- eller forskarstilling på åremål når tilsett ved institusjonen skal ta del i prosjekt. Institusjonane får dermed vidare fullmakter enn tidlegare, og endringa vil gi institusjonane betre omstillingsevne.
Institusjonane får faglege fullmakter til sjølve å opprette og leggje ned fag, emne og emnegrupper som varer inntil tre år på lågare grads nivå. Innanfor område der institusjonane kan tildele doktorgrad, får dei full fridom til å opprette og leggje ned studietilbod på alle nivå. Endringa vil gi institusjonane betre evne til å justere studietilbod til etterspurnaden.
Ny lov for private høgskolar
Departementet foreslo i Ot.prp. nr. 69 (2001-2002) framlegg om endringar også i lovverket for private høgskolar, jf. Innst. O. nr. 71 (2001-2002).
Det blir innført nye rettar og plikter for studentar ved private høgskolar. Dette gjeld mellom anna nye heimlar om høgskolen sitt ansvar for læringsmiljøet til studentane, om studentane sin rett til å opprette studentorgan, om bortvising og utestenging, om krav om politiattest for opptak til enkelte utdanningar og oppretting av klagenemnd. Søknader om eksamensrett vil frå 1. januar 2003 bli handsama og avgjorde av det nye organet for akkreditering og evaluering (NOKUT), jf. ovanfor. Søknader om nye gradar skal rettast til departementet. Det blir frå 1. januar 2003 innført ei ordning med akkreditering av private høgskolar som legg til rette for at private høgskolar kan få ei fagleg eigenforvaltning som er meir på linje med statlege institusjonar.
Felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar
Stortinget bad i Innst. S. nr. 337 (2001-2002) Regjeringa om å gjere framlegg om ei felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Departementet tek sikte på å setje i gang arbeidet med eit felles lovverk hausten 2002.
Aktivitetskrav for einskilde utdanningar
For å sikre tilgang på visse yrkesgrupper vil departementet framleis stille krav til studiekapasitet ved nokre utdanningar. Aktivitetskrava er knytte til talet på 60-studiepoengseiningar som skal avleggast første år ved dei aktuelle utdanningane, og erstattar tidlegare måltal for registrerte studentar. Ved universiteta blir det sett aktivitetskrav til medisin, farmasi, odontologi, psykologi, tannpleiarutdanning og lærarutdanning. Ved dei statlege høgskolane blir det sett aktivitetskrav til sjukepleiarutdanninga, fysioterapiutdanninga, ergoterapiutdanninga, reseptarutdanninga, bioingeniørutdanninga, radiografutdanninga, audiografiutdanninga, vernepleiarutdanninga, døvetolkutdanninga, tannpleiarutdanninga, tannteknikarutdanninga og lærarutdanninga. Innanfor aktivitetskrava til lærarutdanningane ved dei statlege høgskolane legg departementet til grunn at førskolelærarutdanninga blir halden oppe på minst same nivå som tidlegare. Det er òg lagt føringar på opptaksnivået på ingeniørutdanningane. For dei vitskaplege høgskolane blir det ikkje sett aktivitetskrav knytt til einskilde utdanningar, men fagprofilen vil bli diskutert i dei årlege etatstyringssmøta. For kunsthøgskolane vert det framleis sett måltal for registrerte studentar og kandidatar.
Departementet vil årleg vurdere aktivitetskrava, og dei einskilde aktivitetskrava blir fastsette i dei årlege løyvingsbreva til institusjonane. Tabellen nedanfor syner aktivitetskrav som er fastsette for universitet og statlege høgskolar.
Aktivitetskrav universitet i 2003
Utdanning | 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første årstrinn | Studentar tekne opp og møtt til studiestart, gitt vidareføring av studie- poengproduksjon per student |
---|---|---|
Medisin | 505 | 545 |
Farmasi | 81 | 100 |
Odontologi | 99 | 113 |
Psykologi | 195 | 232 |
Lærarutdanning | 860 | 1 270 |
Tannpleiarutdanning | 39 | 46 |
Aktivitetskrav statlege høgskolar i 2003
Utdanning | 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første årstrinn | Studentar tekne opp og møtt til studiestart, gitt vidareføring av studiepoengproduksjon per student |
---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 3 308 | 3 794 |
Fysioterapiutdanning | 274 | 303 |
Ergoterapiutdanning | 175 | 240 |
Radiografutdanning | 143 | 184 |
Reseptarutdanning | 61 | 90 |
Bioingeniør | 202 | 239 |
Audiografutdanning | 31 | 40 |
Vernepleiarutdanning | 614 | 779 |
Døvetolkutdanning | 32 | 32 |
Tannpleiarutdanning | 8 | 12 |
Tannteknikarutdanning | 21 | 30 |
Lærarutdanning | 3 578 | 4 212 |
Nettobudsjettering
I 2001 vart universiteta omdanna til nettobudsjetterte institusjonar, medan Noregs handelshøgskole, Noregs landbrukshøgskole, Noregs idrettshøgskole, Høgskolen i Agder, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger vart omdanna til nettobudsjetterte institusjonar i 2002. Innføringa av nettobudsjettering har gitt desse institusjonane auka fleksibilitet med omsyn til å disponere eigne midlar. Nettobudsjetterte institusjonar får eit statstilskott som er lik differansen mellom brutto utgifter og inntekter. Økonomireglementet for staten og funksjonelle krav til økonomiforvaltninga i staten vil framleis gjelde for desse institusjonane, med dei unntaka som gjeld for nettobudsjetterte institusjonar. I 2002 oppretta departementet ein prosjektorganisasjon for å førebu innføring av nettobudsjettering frå 1. januar 2003 for resten av høgskolane. Departementet foreslår å leggje om ytterlegare 22 høgskolar til nettobudsjetterte institusjonar 1. januar 2003, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 5. Departementet vil arbeide vidare med sikte på i å innføre nettobudsjettering for Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo, Samisk høgskole og Noregs veterinærhøgskole.
Frå 1. januar 2003 skal alle høgskolane, også bruttobudsjetterte institusjonar, betale pensjonsinnskott direkte til Statens pensjonskasse, sjå nærare omtale under dei einskilde kapitla. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har frå same dato endra sats for innbetaling av pensjonsinnskott til ein samla sats på 14 pst. Universitet og høgskolar blir i budsjettet for 2003 kompenserte for dette, sjå nærare omtale under det einskilde kapitlet.
I framlegget til budsjettet for 2003 er universiteta kompensert for forventa pris- og lønnsauke. Høgskolane blir kompensert for faktisk endring i lønnsnivå.
Styringsinformasjon
Auka fridom gir auka behov for styringsinformasjon for både institusjonane og styresmaktene. Frischsenteret for samfunnsøkonomisk analyse la i 2001 fram ein rapport om effektivitets- og produktivitetsstudiar ved statlege høgskolar. Slike analysar vil gi departementet og institusjonane betre styringsinformasjon. Ei arbeidsgruppe nedsett av departementet har utarbeidd indikatorar til bruk i effektivitetsanalysar. For å utarbeide slike analysar er det naudsynt at Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) vert utvida til å omfatte forskingsindikatorar.
Departementet vil arbeide vidare med effektivitets- og produktivitetsstudiar for universitet og høgskolar for å betre kunnskapsgrunnlaget på dette feltet.
Det er tidlegare gjort ein gjennomgang av økonomien ved dei statlege høgskolane, jf. St.meld. nr. 26 (1998-99) Økonomien i den statlege høgskolesektoren. Departementet vil i 2003 setje i verk ein gjennomgang av økonomien ved universiteta, herunder også utviklinga i bruk av ressursar til administrative formål ved universiteta.
Randsoneverksemd
Som ei oppfølging av Innst. S. nr. 337 (2001-2002) har departementet utarbeidd eit utkast til nytt regelverk for eksternt finansiert verksemd. Forslaget er sendt på høring. Departementet legg opp til at institusjonane skal få auka fridom til å organisere si eksternt finansierte verksemd. Departementet foreslår mellom anna at institusjonane kan skipe aksjeselskap, nytte overskott frå eksternt finansiert verksemd til kapitalinnskott og kjøp av aksjar i aksjeselskap. Sjå forslag til vedtak IV nr. 6. Det er òg forslag om at institusjonane skal få fullmakt til å forvalte statens eigarinteresser i slike selskap. Departementet tek sikte på at nytt regelverk med tilhørande fullmakter kan tre i kraft frå 1. januar 2003.
Desentralisert utdanning
Desentraliserte studietilbod er eit viktig supplement til den ordinære drifta ved universitet og høgskolar. Regjeringa sitt utgangspunkt er at den statlege finansieringa av desentralisert utdanning skal skje gjennom høgskolane og universiteta. Ein av føresetnadene for desentralisert utdanning er at slike tilbod skal vere mellombels av di det lokale behovet for studietilbod vil variere over tid. Organisering av desentralisert utdanning bør vere gjenstand for forhandlingar mellom lokale eller regionale aktørar og aktuelle universitets- eller høgskoleinstitusjonar. I statsbudsjettet for 2002 vart det fordelt 36,2 mill. kroner, der 6,2 mill. kroner blir stilte til disposisjon frå Helsedepartementet, til delvis dekning av meirkostnadene høgskolane har ved desentraliserte tilbod. Utdannings- og forskingsdepartementet vil føre vidare løyvinga på 30 mill. kroner i 2003. Denne løyvinga omfattar òg studietilbod som høgskolene gir i samarbeid med lokale studiesenter.
Mål: Å leggje til rette for auka internasjonalt samarbeid
Internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid er viktige verkemiddel for å sikre at norsk utdanning og forsking held god kvalitet i internasjonal samanheng. Internasjonalisering av høgre utdanning er òg viktig for å sikre at dei uteksaminerte kandidatane er kvalifiserte for å møte eit stadig meir internasjonalt samfunns- og arbeidsliv. Innanfor utdanningssamarbeidet er studentutveksling det mest brukte verkemidlet. Det er sentralt for å sikre at internasjonal kompetanse skal komme både studentar og institusjon til gode. Gjennom det nye finansieringssystemet vil universitet og høgskolar få kr 5 000 per utvekslingsstudent, for både ut- og innreisande studentar. Det er eit mål at fleire studentar nyttar seg av ordninga med studentutveksling.
Totalt tal på innreisande og utreisande utvekslingsstudentar ved norske lærestader 20011)
ERASMUS/SOKRATES | NORDPLUS | Bilaterale avtalar | Andre program | Totalt | |
---|---|---|---|---|---|
Sum innreisande | 918 | 307 | 214 | 567 | 2 006 |
Sum utreisande | 984 | 239 | 564 | 855 | 2 642 |
1)Kvinner utgjer om lag halvparten av dei innreisande studentane, og om lag 2/3 av dei utreisande studentane.
Kilde: DBH
Tabellen ovanfor syner at Noreg har fleire utreisande enn innreisande studentar. Det er ønskjeleg med fleire innreisande studentar. Institusjonane må bruke utdanningsprogramma SOKRATES, LEONARDO DA VINCI og NORDPLUS meir aktivt. Talet på utreisande SOKRATES-ERAMUS-studentar må auke til om lag 1 500 per år for at Noreg skal komme opp på gjennomsnittleg EU-nivå. Dette bør vere ei realistisk målsetjing i 2003.
For å følgje opp ambisjonane om auka internasjonalisering i St.meld. nr. 27 (2000-2001) må universitet og høgskolar utarbeide internasjonale strategiar med mål som kan etterprøvast. I samband med kvalitetsreforma har ei arbeidsgruppe utarbeidd ein rapport om internasjonal strategi i høgre utdanning. Rapporten er no på høring med frist 1. november 2002.
I samband med innføringa av ny gradsstruktur må det på alle studium bli lagt til rette for at eit delstudium i utlandet på minimum tre månader naturleg kan gå inn i graden utan tap av tid for studenten. Alle institusjonane skal tilby studentar som ønskjer det, eit studieopphald i utlandet som del av eit gradsstudium. Innpassingssystemet ECTS (European Credit Transfer System) skal nyttast. Institusjonane må utarbeide gjensidig bindande utvekslingsavtalar med utanlandske universitet og høgskolar, og bruke eksisterande avtalar meir aktivt.
For å følgje opp Lisboa-konvensjonen om godkjenning av kvalifikasjonar frå høgre utdanning i Europaregionen må institusjonane innføre vitnemålstillegget «Diploma supplement» (DS). Fristen for dette er utgangen av 2002. DS er eit verkemiddel i oppfølginga av Bologna-prosessen.
Gode støtteordningar gjennom Statens lånekasse for utdanning gjer norske studentar attraktive på den internasjonale utdanningsmarknaden, og Noreg har mange studentar som tek heile graden i utlandet samanlikna med andre land. Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på norske studentar som fekk støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning for studium i utlandet som gir kompetanse for yrkesutøving eller vidare studium i Noreg, sjå omtale under kategori 07.80.
Tal for norske studentar i utlandet som tek imot støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning
1994/95 | 1995/96 | 1996/97 | 1997/98 | 1998/99 | 1999/2000 | 2000/01 | 2001/02 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Europa | 5 999 | 7 042 | 8 513 | 8 704 | 10 012 | 10 218 | 9 574 | 9 353 |
USA/Canada | 2 126 | 2 099 | 2 137 | 2 209 | 2 120 | 1 972 | 1 848 | 1 669 |
Oseania1) | 1 062 | 2 055 | 3 168 | 3 854 | ||||
Andre land | 95 | 168 | 396 | 717 | 1592) | 1903) | 1554) | 1626) |
Sum | 8 220 | 9 309 | 11 046 | 11 630 | 13 353 | 14 435 | 14 7455) | 15 0387) |
1)Frå 1998/99 er Oseania skilt ut i eiga rad.
2) Av desse er det 41 studentar i Sør-Amerika, 71 i Asia og 47 i Afrika.
3)Av desse er det 53 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 87 i Asia og 50 i Afrika.
4)Av desse er det 58 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 60 i Asia og 37 i Afrika.
5)I tillegg tek 4 673 studentar imot støtte til delstudium.
6)Av desse er det 63 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 57 i Asia og 42 i Afrika.
7)I tillegg tek 4 700 studentar imot støtte til delstudium.
Kilde: Statens lånekasse for utdanning
I dag er om lag to tredelar av studentane som tek heile gradsstudium, og rundt halvparten av studentane som tek delstudium i utlandet, ved engelskspråklege institusjonar. Departementet ønskjer spreiing av utanlandsstudentane på land, fag og språkområde.
Utveksling av fagleg personale for forsking, undervisning og anna utdanningssamarbeid er også viktige verkemiddel for å styrkje internasjonaliseringa og sikre kvaliteten i det faglege arbeidet ved universiteta og høgskolane. Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. Det er derfor viktig at institusjonane legg til rette for at unge forskarar tidleg i karrieren knyter internasjonale kontaktar, og at utanlandske forskarar kan opphalde seg på institusjonane i kortare eller lengre periodar.
Institusjonane har eit omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar. Det har vore jamt over god deltaking frå norske universitet, høgskolar og forskingsinstitutt i EU sitt femte rammeprogram for forsking og utvikling (1999-2002). Norske institusjonar har markert seg særleg innanfor fag som marin forsking, klimaforsking og sosioøkonomiske aktivitetar. EU-kommisjonen tok i januar 2000 initiativet til eit integrert europeisk forskingsområde, European Research Area (ERA). Institusjonane blir oppmoda til å nytte dei opningane som ligg i det europeiske samarbeidet.
Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar innanfor grunnforsking, t.d. EMBL, som utfører avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi, det europeiske synkrotronstrålingsanlegget (ESRF), det europeiske senteret for kjernefysikk (CERN) og det internasjonale byrået for kreftforsking (IARC). Departementet oppfordrar institusjonane til å utnytte slike satsingar betre, jf. omtale under kategori 07.70.
Oppsummering av løyvingsforslag til institusjonane
For sektoren samla er storleiken på både basiskomponenten og forskingskomponenten auka samanlikna med fordelinga i budsjettet for 2002. Basisløyvinga til institusjonane er auka som følgje av ei satsing på Kvalitetsreforma i budsjettet for 2003. Til saman er det foreslått løyvd om lag 500 mill. kroner over budsjettet til institusjonane til tiltaket i budsjettet for 2003. Forskingsløyvinga er òg auka som følgje av ein auke i strategiske forskingsmidlar i budsjettet for 2003. Dei strategiske forskingsmidlane som vart løyvde i 2002, er førte vidare. Som følgje av resultata i den resultatbaserte forskingskomponenten er det gjort ei mindre omfordeling mellom institusjonane. Undervisningskomponenten er noko redusert. Dette har årsak i at institusjonane totalt sett har produsert mindre 60-studiepoengseiningar og har eit lågare tal på utvekslingsstudentar enn resultatkravet for 2001. Satsane er heller ikkje prisjusterte i budsjettet for 2003.
Samla oversikt over budsjettforslag for 2003 fordelt på komponentane i finansieringssystemet
(i 1 000 kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Institusjon | Undervisning | Forsking | Totalt1) | ||||
Studie- poeng | Utvekslings -studentar | Strategisk | RBO | Basis- løyving | Tal på 60-studie-poengs-einingar finansiert i basis | ||
Universitetet i Oslo | 555 792 | 3 735 | 386 733 | 275 536 | 1 556 978 | 2 778 775 | 15 739 |
Universitetet i Bergen | 349 975 | 3 550 | 214 817 | 160 023 | 894 982 | 1 623 346 | 8 411 |
Noregs teknisk-natur- vitskaplege universitet | 423 101 | 6 730 | 229 221 | 210 775 | 1 362 763 | 2 232 589 | 11 256 |
Universitetet i Tromsø | 134 234 | 1 385 | 115 066 | 79 630 | 653 993 | 984 309 | 3 005 |
Noregs handelshøgskole | 54 986 | 1 835 | 28 758 | 16 973 | 109 354 | 211 905 | 1 880 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 17 705 | 240 | 3 965 | 3 570 | 50 246 | 75 726 | 209 |
Noregs idrettshøgskole | 13 980 | 140 | 13 304 | 6 299 | 66 189 | 99 912 | 437 |
Noregs musikkhøgskole | 23 604 | 310 | 4 333 | 5 248 | 78 610 | 112 105 | 351 |
Høgskolen i Agder | 143 301 | 1 070 | 8 145 | 26 739 | 373 273 | 552 527 | 4 594 |
Høgskolen i Akershus | 53 407 | 50 | 1 680 | 6 341 | 150 402 | 211 880 | 1 739 |
Høgskolen i Bergen | 111 312 | 395 | 4 033 | 16 010 | 258 952 | 390 701 | 3 575 |
Høgskolen i Bodø | 75 330 | 470 | 8 650 | 14 645 | 189 739 | 288 834 | 2 530 |
Høgskolen i Buskerud | 44 322 | 15 | 3 798 | 10 372 | 120 949 | 179 456 | 1 644 |
Høgskolen i Finnmark | 30 825 | 215 | 738 | 7 884 | 121 552 | 161 213 | 993 |
Høgskolen i Gjøvik | 30 292 | 10 | 2 150 | 4 601 | 88 525 | 125 579 | 1 061 |
Høgskolen i Harstad | 21 174 | 135 | 1 209 | 2 579 | 65 969 | 91 066 | 674 |
Høgskolen i Hedmark | 74 059 | 195 | 3 359 | 10 869 | 187 687 | 276 169 | 2 747 |
Høgskolen i Lillehammer | 37 061 | 190 | 4 065 | 12 175 | 111 953 | 165 444 | 1 409 |
Høgskolen i Molde | 29 375 | 175 | 2 418 | 4 162 | 73 400 | 109 530 | 1 053 |
Høgskolen i Narvik | 20 945 | 505 | 2 856 | 5 653 | 102 647 | 132 607 | 598 |
Høgskolen i Nesna | 22 070 | 40 | 1 647 | 2 898 | 55 949 | 82 604 | 600 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 61 794 | 0 | 3 295 | 10 638 | 176 828 | 252 555 | 2 149 |
Høgskolen i Oslo | 179 742 | 1 655 | 5 071 | 27 989 | 505 816 | 720 272 | 6 757 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 53 609 | 85 | 1 444 | 9 197 | 129 333 | 193 668 | 1 809 |
Høgskolen i Stavanger | 126 651 | 325 | 8 819 | 28 708 | 344 842 | 509 344 | 4 398 |
Høgskolen Stord/ Haugesund | 41 524 | 45 | 2 150 | 10 962 | 120 910 | 175 591 | 1 547 |
Høgskolen i Sør- Trøndelag | 141 126 | 490 | 3 627 | 17 935 | 295 867 | 459 045 | 4 802 |
Høgskolen i Telemark | 87 395 | 425 | 5 242 | 16 680 | 252 124 | 361 865 | 3 385 |
Høgskolen i Tromsø | 61 693 | 340 | 1 476 | 7 504 | 140 110 | 211 123 | 1 763 |
Høgskolen i Vestfold | 60 633 | 215 | 3 092 | 11 688 | 155 782 | 231 409 | 2 044 |
Høgskolen i Volda | 50 681 | 565 | 3 092 | 8 302 | 112 267 | 174 906 | 1 686 |
Høgskolen i Østfold | 81 934 | 640 | 2 386 | 12 993 | 198 810 | 296 762 | 2 578 |
Høgskolen i Ålesund | 28 399 | 155 | 1 647 | 3 717 | 79 644 | 113 562 | 863 |
Samisk høgskole | 2 808 | 30 | 2 150 | 1 299 | 21 766 | 28 053 | 93 |
Noregs landbruks- høgskole | 77 377 | 505 | 63 766 | 43 333 | 229 027 | 414 008 | 1 637 |
Noregs veterinærhøgskole | 26 528 | 110 | 32 806 | 17 540 | 107 260 | 184 245 | 273 |
Sum totalt | 3 348 744 | 26 975 | 1 181 005 | 1 111 467 | 9 544 496 | 15 212 687 | 100 287 |
1)Inneheld postane 01, 21 og 45 korrigert for inntektsløyving, og post 50.
Kap. 260 Universitetet i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Statstilskott | 2 605 907 | 2 554 665 | 2 778 775 |
70 | Tilskott til Senter for studium av Holocaust og livssynsminoritetane si stilling i Noreg | 40 000 | ||
Sum kap. 260 | 2 645 907 | 2 554 665 | 2 778 775 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
Budsjettramma er oppjustert med om lag 52,6 mill. kroner til å dekkje utgifter til Statens pensjonskasse.
Budsjettramma er oppjustert med 13,2 mill. kroner i samband med at det er foreslått å leggje forvaltninga av tilskottet til Universitetsstudia på Kjeller (UNIK) til Universitetet i Oslo, sjå omtale under kap. 281.
Budsjettramma er oppjustert med 2,1 mill. kroner i samband med overføring av driftsmidlar til Senter for universitets- og høgskoleutdanning (Caen) til Universitetet i Oslo, sjå kap. 270 post 71 og kap. 274 post 01.
Resultatrapport for 2001-02
Studentar og kandidatar i 2001
Opptak 2001 | Registrerte studentar 2001 | Uteksaminerte kandidatar 2001 | |||
---|---|---|---|---|---|
Lågare grad2) | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||
Det medisinske fakultet | 351 | 2 342 | 77 | 258 | 69 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (209) | (1 064) | (181) | ||
Det odontologiske fakultet | 106 | 396 | 47 | 3 | |
(Av desse profesjonsstudium odontologi) | (69) | (289) | (47) | ||
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet | 1 868 | 5 214 | 1 349 | 324 | 80 |
(Av desse farmasi) | (74) | (281) | (47) | ||
Det historisk-filosofiske fakultet | 2 469 | 6 471 | 2 249 | 357 | 32 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 2 164 | 5 648 | 1 654 | 377 | 32 |
(Av desse profesjonsutdanning psykologi) | (78) | (435) | (88) | ||
Det juridiske fakultet | 1 992 | 3 846 | 1 068 | 470 | 2 |
Det utdanningsvitskaplege fakultet | 1 486 | 2 340 | 662 | 150 | 10 |
(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning) | (379) | (360) | (229) | ||
Det teologiske fakultet | 226 | 385 | 54 | 31 | 4 |
Examen philosophicum | 910 | 5 226 | 1 603 | ||
Anna | 59 | 72 | 12 | ||
Sum | 11 631 | 31 9401) | 8 7283) | 2 014 | 232 |
1)Av desse er det 58,7 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 417 personar utan studierett, samt 11 "Andre" studentar (norsk for utanlandske studentar).
2)Avlagde årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
3)I tillegg er det avlagt 204 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
Kilde: DBH.
For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Universitetet i Oslo nådde ikkje måltalet for registrerte studentar i 2001. For dei spesifiserte måltala for profesjonsutdanningane var det berre psykologistudiet som oppfylte måltalet for registrerte studentar. Gjennomføringsgraden for studentane er framleis låg, og i 2001 var gjennomsnittlege studiepoeng per student 30,09.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universiteta og høgskolane. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Universitetet i Oslo i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa, sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
16 117 | 15 182 | 1 175 | 747 |
Forsking
Universitetet i Oslo er ein breiddeinstitusjon med utdanningstilbod og forskingsaktivitet innanfor eit stort spekter av fagområde. Samstundes har universitetet i 2001 prioritert arbeidet med å utvikle ein klar profil med satsing på faglege spissmiljø. Dei store satsingane på forsking innanfor eininga for molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk (EMBIO), strategisk samarbeid og nasjonal satsing innanfor funksjonelle materiale (FUNMAT) og den tverrfaglege satsinga på etikkprosjektet vart starta opp i 2001. I tillegg hadde universitetet frå før følgt opp den nasjonale satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE). I 2002 fekk tre forskingsmiljø ved Universitetet i Oslo status som Senter for framifrå forsking. Vidare utvikling av desse miljøa er eit viktig ledd i forskingsstrategien ved universitetet. Fleire av forskarane tek del internasjonalt, gjennom forskingsprosjekt, på konferansar, gjennom publiseringar m.m. I 2001 vart det mellom anna starta opp 12 nye prosjekt innanfor Nasjonalt program for utviklingsrelatert forsking og utdanning (NUFU-programmet) og 24 nye EU-finansierte prosjekt.
Vitskaplege publikasjonar 1997-2001
1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 2 470 | 2 226 | 2 099 | 2 008 | 1 883 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 913 | 742 | 682 | 604 | 382 |
Faglege bøker/lærebøker | 285 | 299 | 257 | 579 | 231 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 1 021 | 1 149 | 799 | 768 | 909 |
Totalt | 4 689 | 4 416 | 3 837 | 3 959 | 3 405 |
Samla tal på publikasjonar har gått ned i perioden 1997 til 2001 i alle kategoriar. Talet på publikasjonar per vitskapleg årsverk har òg gått ned i perioden.
Undervisning
Universitetet i Oslo er godt i gang med å setje i verk Kvalitetsreforma. Det fakultetsvise arbeidet med å utvikle nye studieprogram og arbeidet med å finne alternativ organisering av forsking er særleg prioriterte område.
Sluttrapporten frå den sentrale arbeidsgruppa for studiekvalitet ved Universitetet i Oslo vart lagd fram i 2001. Noregsnettrådet har, etter oppdrag frå departementet, gjennomført ei evaluering av universitetet. Universitetet har òg vore gjennom ei intern evaluering som la grunnlaget for ei ekstern evaluering av heile institusjonen. Desse prosessane har vist at universitetet står overfor store utfordringar når det gjeld kvaliteten på både undervisning og forsking. Vidare kom det fram at universitetet ikkje brukar kompetansen innanfor distanse- og e-læring på ein tilfredsstillande måte, og at randsona må utnyttast betre. Universitetet vil utvikle eit system for kvalitetssikring basert på analysane og tilrådingane som kom fram i den interne evalueringa. Universitetet har eit ambisiøst mål om å bli eit av dei beste universiteta i Europa når det gjeld studiekvalitet og læringsmiljø. For å stimulere dei ulike fagmiljøa til å nå dette målet har universitetet arbeidd med å innføre ein intern resultatbasert finansieringsmodell.
Det medisinske fakultet vann i 2001 departementet sin kvalitetspris for den nye studiemodellen Oslo 96.
Universitetet har prioritert fysisk tilrettelegging for funksjonshemma studentar. Dette har truleg ført til at fleire funksjonshemma søkjer seg til institusjonen.
Endring i studieplassar i 2002
I statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta med 2 152 studieplassar. Reduksjonen ved Universitetet i Oslo var på 1 115 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare det auka opptaket i medisin, psykologi og farmasi på høvesvis 30, 16 og 8 studieplassar. Vidare vart det oppretta ti studieplassar i tolkeutdanninga frå hausten 2002.
Formidling
Universitetet i Oslo legg vekt på å formidle forskingsresultat til ulike interessegrupper og til publikum. Dette skjer på ulike måtar gjennom publisering i vitskaplege tidsskrift, bøker, populærvitskaplege forelesingar og opne arrangement, museumsverksemd og utstillingar. Dei vitskapleg tilsette tek òg del i offentlege debattar i ulike media.
Universitetets kulturhistoriske museer (UKM), med Historisk museum og Vikingskiphuset, er Noregs mest besøkte museum. Dei hadde til saman 472 770 besøkjande i 2001. Samlingane skal tene som basis for forsking, undervisning og formidling. Innanfor sine fagfelt skal museet ha nasjonal og internasjonal spisskompetanse. UKM har utarbeidd ein langtidsplan for verksemda for 2001-10. Sentralt i arbeidet til museet står bevaring og sikring av samlingane. Dette arbeidet er nedfelt i ein lokal plan for registrering, bevaring og revitalisering av museumssamlingar (REVITA-plan). Denne er planlagt starta opp i 2003.
Universitetets naturhistoriske museer og botaniske hage (UNM) er landets største arkiv for botaniske, zoologiske og geologiske data. Samlinga på om lag 6,2 millionar gjenstandar utgjer om lag 60 pst. av naturhistoriske samlingsmateriale i Noreg. I tillegg kjem dei levande samlingane i botanisk hage. Besøkstalet ved Geologisk og Zoologisk museum auka med 33 000 til 176 000 frå 2000 til 2001. Talet på besøkjande i Botanisk hage er vurdert til å vere omlag 300 000.
Resultatmål for 2003
Universitetet i Oslo skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Institusjonen må føre vidare og auke sitt samarbeid med andre delar av samfunnet, vere lydhør for behov frå arbeids- og næringsliv når det gjeld forsking og halde fram med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Universitetet må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Universitetet bør prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår og kvalitet i forskinga. Resultat i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar.
Universitetet må styrkje den langsiktige strategiske forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader.
Universitetet må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Universitetet må utnytte studiekapasiteten det har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
For å styrkje undervisninga ved Universitetet i Oslo i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 124,3 mill. kroner. Av desse er 89,2 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Universitetet i Oslo auka med 23 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Regjeringa foreslår ein ytterlegare auke på 24 mill. kroner, totalt 47 mill. kroner, som ein del av den strategiske forskingsløyvinga, jf. kategoriomtalen. Løyvinga skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forskings- og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiane som gjeld ved universitetet.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2003, jf. kategoriomtalen. Midlar til 53 stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Universitetet i Oslo med verknad frå hausten 2003.
Regjeringa foreslår ei løyving på 1 mill. kroner til Senter for studium av holocaust- og livssynsminoritetars stilling i Noreg. Midlane til Holocaustsenteret er overførte frå kap. 281 post 01, jf. omtale under denne posten. Regjeringa tek sikte på å gradvis auke tilskottet til Holocaustsenteret fram til stiftelsen kan flytte inn i Villa Grande.
Universitetet i Oslo får ein budsjettreduksjon på 29 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er redusert med 935 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar redusert med 428 i høve til 2000, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
3 988 320 | -1 944 000 | -2 179 200 | -15 944 220 | 705 718 | -11 631 702 | -2 140 000 | -29 145 084 |
I budsjettramma er det lagt inn til saman 27,7 mill. kroner i samband med gjenoppretting av medisinutdanninga ved Akershus Universitetssykehus. Dette er ein auke på 5,7 mill. kroner frå 2002. I tillegg til midlar til bygg inkluderer dette òg driftsmidlar og midlar til vitskapleg utstyr.
I budsjettet for 2002 vart talet på studieplassar redusert med 1 115 ved allmennfakulteta på lågare grad ved Universitetet i Oslo. Det er lagt inn heilårsverknad for 2003.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitetet og høgskolar på 11,8 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 5,9 mill kroner til universiteta og 5,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Reduksjonen ved Universitetet i Oslo utgjer 120 studieplassar (60-studiepoengseiningar).
I budsjettramma er det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytte til 28 studieplassar i medisin og 13 studieplassar i psykologi. Det er òg lagt inn midlar til heilårseffekt av åtte studieplassar i farmasi og ni studieplassar ved tolkeutdanninga.
Det er på kap. 1580 post 31 foreslått å løyve 44,4 mill. kroner og ei risikoavsetjing på 4,3 mill. kroner til vidareføring av byggeprosjektet ved Urbygningen og deler av Midtbygningen i 2003, jf. omtale i budsjettet for Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Det er i budsjettramma foreslått lagt inn til saman 12,7 mill kroner til utstyrskjøp til bygget. Dette er ein auke på 2,7 mill. kroner frå 2002.
Universitetet i Oslo kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Oslo utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 261 Universitetet i Bergen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Statstilskott | 1 544 076 | 1 552 737 | 1 623 346 |
Sum kap. 261 | 1 544 076 | 1 552 737 | 1 623 346 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
Budsjettramma er oppjustert med om lag 29 mill. kroner til å dekkje utgifter til Statens pensjonskasse.
Budsjettramma er oppjustert med 4,7 mill. kroner i samband med at det er foreslått å overføre ansvaret for forvaltninga av tilskottsordningane til Det norske studiesenteret i Storbritannia og Det tysk-norske studiesenteret i Kiel. til Universitetet i Bergen, sjå omtale under kap. 274 post 01 og kap. 270 post 70.
Resultatrapport for 2001-02
Studentar og kandidatar i 2001
Opptak 2001 | Registrerte studentar 2001 | Uteksaminerte kandidatar 2001 | |||
---|---|---|---|---|---|
Lågare grad2) | Hovudfag/ profesjon | Doktor- grad | |||
Det medisinske faktultet | 231 | 1 443 | 34 | 176 | 40 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (160) | (972) | (107) | ||
Det odontologiske fakultet | 83 | 374 | 60 | 3 | |
(Av desse profesjonsstudium odontologi) | (55) | (269) | (44) | ||
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet | 784 | 2 651 | 788 | 215 | 49 |
Det historisk-filosofiske fakultet | 1 455 | 4 193 | 1 694 | 221 | 18 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 1 606 | 3 100 | 1 185 | 178 | 9 |
Det psykologiske fakultet | 1 218 | 2 537 | 970 | 60 | 8 |
(Av desse profesjonsutdanning psykologi) | (69) | (407) | (57) | ||
(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning) | (122) | (131) | (132) | ||
Det juridiske fakultet | 303 | 1 959 | 372 | 195 | 3 |
Examen philosophicum | 247 | 649 | 411 | ||
Anna | 15 | ||||
Sum | 5 927 | 16 9211) | 5 4543) | 1 105 | 130 |
1) Av desse er det 56,8 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 229 personar utan studierett, samt 55 «Andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar).
2) Avlagde årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
3) I tillegg er det avlagt 102 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad og 12 årseksamenar av «Andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar).
Kilde: DBH.
For 2001 vart det fastsett måltal for registrerte studentar og kandidatar, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Universitetet i Bergen oppfylte måltalet for registerte studentar og dei spesifiserte måltala for registrerte studentar i medisin, odontologi og psykologi. For praktisk-pedagogisk utdanning er det svak måloppnåing. Gjennomføringsgraden for studentane er framleis låg, og i 2001 var gjennomsnittleg studiepoeng per student 34,6.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Universitetet i Bergen i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
8 540 | 9 319 | 1 015 | 710 |
Forsking
Vitskaplege publikasjonar 1997-2001
19971) | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 1 687 | 1 383 | 1 194 | 1 248 | 1 259 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 238 | 127 | 228 | 152 | |
Faglege bøker/lærebøker | 138 | 139 | 154 | 125 | 123 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 493 | 456 | 373 | 343 | 371 |
Totalt | 2 318 | 2 216 | 1 848 | 1 944 | 1 905 |
Av desse vitskaplege publikasjonar av stipendiatar/andre | 226 | 129 | 431 | 564 | |
Av desse vitskaplege publikasjonar av mellombels tilsette | 202 | 67 |
1)Skil ikkje på internasjonale og nasjonale tidsskrift.
Samla tal på publikasjonar har gått ned i perioden 1997 til 2001 i alle kategoriar. Talet på publikasjonar per vitskapleg årsverk har òg gått ned i perioden.
Mykje av forskinga ved Universitetet i Bergen byggjer på naturgitte føresetnader og faglege tradisjonar som er særmerkte for Bergen (marin forsking/klimaforsking og molekylærbiologi). Andre tyngdepunkt med kortare historie er til dømes internasjonal forsking med fokus på land i den tredje verda, IKT-forsking og kvinne- og kjønnsforsking.
Universitetet har lagt ned eit stort arbeid med å etablere solide forskingsmiljø. Tre av forskingsmiljøa ved universitetet fekk i 2002 status som Senter for framifrå forsking.
Universitetet i Bergen har fordelt strategiske forskingsmidlar til einskilde fagområde.
Undervisning
Universitetet er godt i gang med å innføre Kvalitetsreforma frå hausten hausten 2003. Mykje av arbeidet er knytt til ny studiestruktur og utarbeiding av heilskaplege studieprogram ved dei tre allmennfakulteta. Mellom anna skal ein få ein gjennomgåande modulbruk i alle studia. Frå hausten 2002 har universitetet starta opp ni ulike bachelorprogram.
Universitetet har erfaring med tett studentoppfølging og nye vurderingsformer. Det er gjennomført svært løfterike forsøk med dette på ex.phil., kurs i matematikk og fleire fag på Det historisk-filosofiske fakultetet.
Universitetet i Bergen har eit stort internasjonalt engasjement. Universitetet hadde høg internasjonal studentmobilitet i 2001. Likevel var det ein nedgang i høve til 1999 og 2000. Lærarmobiliteten var god i 2001. Universitetet var òg aktivt med i NUFU- og NORAD-samarbeidet. I 2001 fekk universitetet fire nye kontraktar med Marie Curie Training Sites, det vil seie sentra for doktorgradsstudentar frå EU-land.
Noregsnettrådet har på oppdrag frå departementet gjennomført ei evaluering av universitetet i 2001. Evalueringskomiteen gir i hovudsak positiv vurdering i høve til den sentrale leiinga for både den faglege og den administrative delen. Universitetsstyret har vedteke ein handlingsplan for oppfølging av tilrådingane frå komiteen.
Endring i studieplassar
I statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta med 2 152 studieplassar. Reduksjonen ved Universitetet i Bergen var på 445 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare eit auka opptak på tolv studieplassar i psykologi.
Formidling
Etter ei gjennomgripande organisatorisk omstilling er Bergen Museum frå 1. januar 2002 sett saman av to vitskaplege einingar: Dei kulturhistoriske samlingar og Dei naturhistoriske samlingar, samt ein felles teknisk-administrativ stab. Dei største utfordringane for museet er å sikre og utvikle samlingane, og gjere desse meir tilgjengelege, samt å rehabilitere og tilpasse gamle museumsbygningar til moderne utstillings- og formidlingsverksemd. Publikumsbesøket i 2001 var i overkant av 42 000, som er ein nedgang på 8,5 pst. frå 2000.
Universitetet i Bergen hadde i 2001 ei omfattande formidlingsverksemd. Forskingsresultat blir formidla blant anna gjennom deltaking i prosjekt, utval og komitear, publikasjonar, populærvitskaplege foredrag og artiklar, deltaking i samfunnsdebatt, kommersialisering og nyskaping.
Resultatmål for 2003
Universitetet i Bergen skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Institusjonen må føre vidare og auke sitt samarbeid med andre delar av samfunnet, vere lydhør for behov frå arbeids- og næringsliv når det gjeld forsking, og halde fram med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Universitetet må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Universitetet bør prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår og kvalitet i forskinga. Resultater i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar.
Universitetet må styrkje den langsiktige strategiske forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader, til dømes marin forsking.
Universitetet i Bergen må halde fram i arbeidet med å følgje opp tilrådingane som vart gitte i Noregsnettrådet si evaluering av institusjonen.
Universitetet må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Universitetet må utnytte den studiekapasiteten det har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
For å styrkje undervisninga ved Universitetet i Bergen i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 63 mill. kroner. Av desse er 44,6 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Universitetet i Bergen auka med 11,4 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Departementet foreslår ein ytterlegare auke på 17 mill. kroner, totalt 28,4 mill. kroner, som ein del av den strategiske forskingsløyvinga, jf. kategoriomtalen. Løyvinga skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiane som gjeld ved universitetet. Det er ein føresetnad at denne løyvinga vert nytta mellom anna for vidare drift av Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2003, jf. kategoriomtalen. Det er foreslått midlar til 29 stipendiatstillingar til Universitetet i Bergen med verknad frå hausten 2003.
Universitetet i Bergen får ein auke i budsjettramma på 21,6 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 779 i høve til resultatkravet for 2000. Vidare er talet på utvekslingsstudentar auka med 305 i høve til 2001, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving (i kroner)
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
3 967 200 | -556 200 | 1 867 200 | 855 000 | 3 220 542 | 13 789 334 | -1 525 000 | 21 618 076 |
I budsjettet for 2002 vart talet på studieplassar redusert med 445 på allmennfakulteta på lågare grad ved Universitetet i Bergen. Det er lagt inn heilårsverknad for 2003.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitetet og høgskolar på 11,8 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 5,9 mill. kroner til universiteta og 5,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Reduksjonen ved Universitetet i Bergen utgjer 60 studieplassar (60-studiepoengseiningar).
I budsjettet er det lagt inn midlar til heilårsverknad av ni studieplassar i psykologi.
Til vidareføring av bygg for biologiske basalfag er det foreslått 156,2 mill. kroner og ei risikoavsetjing på 27 mill. kroner på kap. 1580 post 31, jf. omtale i budsjettet for Arbeids- og administrasjonsdepartementet. I budsjettramma til Universitetet i Bergen er det lagt inn 20,1 mill. kroner til resterande utstyrsløyving for bygget.
Universitetet i Bergen kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Bergen utvida fullmakter i høve til eksterne finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Statstilskott | 2 070 595 | 2 011 902 | 2 232 589 |
Sum kap. 262 | 2 070 595 | 2 011 902 | 2 232 589 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. denne tekniske endringa:
Budsjettramma er oppjustert med om lag 36,8 mill. kroner til å dekkje utgifter til Statens pensjonskasse.
Resultatrapport for 2001-02
Studentar og kandidatar i 2001
Opptak 2001 | Registrerte studentar 2001 | Uteksaminerte kandidatar 2001 | |||
---|---|---|---|---|---|
Lågare grad4) | Hovudfag/ profesjon | Doktor- grad | |||
Det medisinske fakultet | 128 | 1 005 | 56 | 23 | |
(Av desse profesjonsstudium medisin)1) | (209) | (862) | (56) | ||
Det historisk-filosofiske fakultet | 817 | 2 811 | 1 420 | 137 | 13 |
Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing | 1 634 | 5 569 | 2 015 | 360 | 9 |
(Av desse profesjonsutdanning i psykologi) | (24) | (244) | (35) | ||
(Av desse siv.ing) | (121) | (548) | (98) | ||
Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst | 70 | 479 | 69 | 5 | |
(Av desse siv.ark) | (70) | (388) | (54) | (5) | |
Fakultet med realfag/teknologi2) | 2 043 | 9 192 | 728 | 1 289 | 124 |
(Av desse siv.ing) | (1 460) | (5 959) | (1 179) | (115) | |
Examen philosophicum | 371 | 677 | 6035) | ||
Anna | 185 | 289 | |||
(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning) | (185) | (251) | 159 | ||
Sum | 5 248 | 20 0223) | 4 9256) | 1 911 | 174 |
1) Av desse var det i 2001 teke opp 28 studentar til profesjonsstudiet i medisin i utlandet. Hausten 2001 var det registrert 328 medisinstudentar i utlandet.
2)Her inngår følgjande fakultet: Bygg og miljøteknikk, Elektroteknikk og telekommunikasjon, Fysikk, informatikk og matematikk, Kjemi og biologi, Marin teknikk, Maskinteknikk, Geofag og petroleumsteknologi, samt studentar som er registrerte på institusjonen som heilskap, deriblant 186 på studieprogram «Uplassert» og 190 på studieprogram «Utvekslingsstudentar».
3)Av totaltalet er 46,4 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 29 personar utan studierett, samt 17 "andre" studentar (Innføringsprogram for utanlandske studentar).
4)Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
5)Av ex.phil.-eksamenar er 62 tekne ved Det historisk-filosofiske fakultet og 161 ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing.
6)I tillegg er det 3 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
Kilde: DBH.
For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Måltala for registrerte studentar i 2001 er nådde for alle studia med unntak av profesjonsstudiet i medisin. Universitetet har god måloppnåing i talet på uteksaminerte kandidatar på lågare grad og på dei fleste profesjonsstudia. Unntaket frå dette er profesjonsstudiet i medisin, som over fleire år har hatt færre studentar enn måltalet. Måltalet for doktorgradskandidatar sett under eitt er nådd, men det har likevel vore ein mindre nedgang i talet på doktorgradskandidatar i teknologifaga. Gjennomføringsgraden for studentane er framleis låg, og i 2001 var gjennomsnittlege studiepoeng per student 36,87.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
11 316 | 11 667 | 1 190 | 1 346 |
Forsking
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har utvida talet på tematiske satsingsområde i den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen som no omfattar energi og miljø, marin/maritim forsking, medisinsk teknologi, materiale og IKT. Universitetet kan vise til gode resultat innanfor alle desse områda. I 2002 fekk tre forskingsmiljø ved universitetet tildelt status som Senter for framifrå forsking.
Universitetet har prioritert å ta aktivt del i rammeprogramma til EU og var i 2001 med i totalt 75 prosjekt i femte rammeprogram.
Universitetet har komme langt i å profilere og prioritere FoU-satsing for å oppnå auka fagleg spesialisering og konsentrasjon, og har utvikla fleire tverrfaglege program og eitt samarbeidsprosjekt med norsk industri. Denne verksemda har stor fagleg spennvidde. Mange av prosjekta kan vise til gode resultat og har i kraft av dette trekt til seg ekstern finansiering.
Vitskaplege publikasjonar 1997-2001
1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 675 | 713 | 879 | 858 | 955 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 129 | 172 | 100 | 129 | 119 |
Faglege bøker/lærebøker | 285 | 121 | 108 | 139 | 136 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 207 | 318 | 242 | 267 | 226 |
Totalt | 1 296 | 1 324 | 1 329 | 1 393 | 1 436 |
Av desse er vitskaplege publikasjonar av stipendiatar/andre | 433 | 244 | 349 | 455 | 426 |
Det har vore ein auke i talet på publikasjonar i kategorien «Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift» i perioden 1997-2001. I denne kategorien har universitetet færre publikasjonar per vitskapleg årsverk enn andre universitet. Det same gjeld òg når vi ser på samla tal for alle kategoriane.
Undervisning
NTNU er godt i gang med å førebu Kvalitetsreforma og har oppretta eit prosjekt som koordinerer arbeidet. Universitetet har m.a. arbeidd med ordningar for kvalitetssikring av studia, meir studentsentrerte læreformer og nye vurderingsformer. Prosjektfaget Ekspertar i team, der studentane får erfaring i å arbeide i tverrfaglege grupper, fekk departementet sin kvalitetspris for 2002.
Den internasjonale aktiviteten ved universitetet er stor, innanfor både forsking og utdanning. Universitetet har eit godt utbygd nettverk av internasjonale kontaktar og lange samarbeidstradisjonar med institusjonar og forskarar både i den industrialiserte delen av verda og i utviklingsland. I 2001 vedtok universitetet ein internasjonal strategi der hovudmålsetjinga er å auke student- og forskarutvekslinga, auke deltakinga i internasjonale nettverk og fagleg verksemd og auke talet på publikasjonar i internasjonale tidsskrift.
Noregsnettrådet har, etter oppdrag frå departementet, gjennomført ei evaluering av universitetet. Den eksterne evalueringsrapporten blir lagd fram i september 2002.
Endring i talet på studieplassar i 2002
I statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta med 2 152. Reduksjonen for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet var på 337 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare det auka opptaket knytte til 80 studieplassar i sivilingeniørutdanninga, 55 studieplassar i medisin og åtte studieplassar i psykologi.
Formidling
Universitetet har i 2001 utvikla vidare formidlinga av kunnskap til allmenta, og satsar særleg på å bruke webteknologien til å formidle forsking til publikum og journalistar. I tillegg til dei virtuelle møteplassane er det tydeleg behov for den direkte kontakten mellom forskar og samfunn, og forskarar ved universitetet har vore med på ei rekke slike arrangement, deriblant forskingsdagane, fredagsforelesingar, laurdagsuniversitetet, teknologicafé og Café nordsør.
Forskarar ved universitetet formidlar også forskingsresultata sine gjennom populærvitskaplege innslag i massemedia, både riksdekkjande radio/tv og aviser, og universitetet hadde i 2001 ein vesentleg vekst i slik forskingsformidling i høve til 2000.
Universitetet kan vise til gode besøkstal både for botanisk hage og for utstillingane ved musea i 2001. Arbeidet med fagleg kvalitetssikring og konservering av dei vitskaplege samlingane gjennom det nasjonale Museumsprosjektet heldt fram i 2001. Framleis står det att å sikre om lag 70 pst. av dei naturhistoriske samlingane og om lag 75 pst. av dei kulturhistoriske samlingane.
Dei vitskaplege samlingane er basis for Vitskapsmuseets verksemd. Fagleg og teknisk kvalitetssikring av materiale og digitalisering av samlingsdata medverkar til enklare tilgang til samlingane. Samlingane er eit resultat av vitskaplege undersøkingar, og dei skal vere tilgjengelege for brukarar innanfor forsking, forvaltning og samfunnet elles. Vitskapsmuseet er ein fagleg premissleverandør til både sentral og kommunal forvaltning gjennom forskingsbaserte fagutgreiingar, konsekvensutgreiingar, miljøovervåking mv.
Resultatmål for 2003
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte, til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Institusjonen må føre vidare og auke sitt samarbeid med andre delar av samfunnet, vere lydhør for behov frå arbeids- og næringsliv når det gjeld forsking og halde fram med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Universitetet må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg kvinner. Universitetet bør prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår og kvalitet i forskinga. Resultat i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har eit særskilt ansvar for teknologisk grunnforsking. Dette gir institusjonen eit særleg ansvar for forskarutdanninga i teknologiske fag.
Departementet ser positivt på arbeidet universitetet gjer for å auke rekrutteringa av kvinnelege studentar til teknologiske fag og til lærarutdanning i realfag, men dette arbeidet må likevel styrkjast.
Universitetet må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Universitetet må utnytte den studiekapasiteten det har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus. Vidare skal løyvinga dekkje utgifter til realisering av restprosjekta.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet auka med 12,6 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Regjeringa foreslår ein ytterlegare auke på 14,5 mill. kroner, totalt 27,1 mill. kroner som ein del av den strategiske forskingsløyvinga, jf. kategoriomtalen. Løyvinga skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forskings- og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiane som gjeld ved universitetet.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye stipendiatstillingar i 2003, jf. kategoriomtalen. Det er foreslått midlar til 33 doktorgradsstipendiatstillingar er i budsjettramma til Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet med verknad frå hausten 2003.
For å styrkje undervisninga ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 72,1 mill. kroner. Av desse er 48,5 mill. kroner ført vidare fra budsjettet for 2002.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet får ein auke i budsjettramma på 5,4 mill. kroner, etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 351 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar auka med 156 i høve til 2000 jf. tabellen nedanfor, sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
1 202 400 | -1 944 720 | -6 536 880 | -434 340 | 300 796 | 12 070 348 | 780 000 | 5 437 604 |
I budsjettet for 2002 vart talet på studieplassar redusert med 337 på allmennfakulteta på lågare grad ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Det er lagt inn heilårsverknad for 2003.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitetet og høgskolar på 11,8 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 5,9 mill. kroner til universiteta og 5,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Reduksjonen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet utgjer 60 studieplassar (60-studiepoengseiningar).
I budsjettramma er det lagt inn midlar til heilårseffekt knytte til 66 studieplassar i ved sivilingeniørutdanninga og ni studieplassar medisin som vart oppretta i 2002. Det er òg lagt inn vidareføring av auka opptak knytt til 33 studieplassar i sivilingeniørutdanninga og ni studieplassar i medisin.
I samband med vidareføring av auka opptak i medisin ved Universitetet i Tromsø er ordninga med kjøp av studieplassar i utlandet administrert av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet redusert med 14 studieplassar.
Budsjettramma er auka med 36 mill. kroner for å føre vidare byggjearbeida i samband med restprosjekta.
Det er lagt inn 9 mill. kroner til utstyr i restprosjekta.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 263 Universitetet i Tromsø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Statstilskott | 891 935 | 867 846 | 984 309 |
Sum kap. 263 | 891 935 | 867 846 | 984 309 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. denne tekniske endringa:
Post 50 er oppjustert med om lag 17,4 mill. kroner til å dekkje utgifter til Statens pensjonskasse.
Resultatrapport for 2001-02
Opptak 2001 | Registrerte studentar 2001 | Uteksaminerte kandidatar 2001 | |||
---|---|---|---|---|---|
Lågare grad2) | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||
Det medisinske fakultet | 281 | 1 155 | 136 | 111 | 22 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (95) | (515) | (59) | ||
(Av desse farmasi) | (32) | (126) | (24) | ||
Noregs fiskerihøgskole | 186 | 659 | 92 | 56 | 14 |
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet | 269 | 654 | 267 | 48 | 13 |
Det humanistiske fakultet | 361 | 673 | 201 | 20 | 2 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 696 | 1 805 | 519 | 122 | 10 |
(Av desse profesjonsutdanning psykologi) | (25) | (127) | (24) | ||
Det juridiske fakultet | 189 | 535 | 88 | 55 | 1 |
Examen philosophicum | 591 | 398 | 172 | ||
Anna | 532 | 451 | 141 | ||
(Av desse praktisk-pedagogisk utdanning) | (102) | (125) | (80) | ||
Sum | 3 105 | 6 3301) | 1 6163) | 412 | 62 |
1) Av desse er det 56,4 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 21 personar utan studierett.
2)Avlagde årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
3) I tillegg er det avlagt 6 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
Kilde: DBH.
For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Universitetet i Tromsø har ikkje nådd det totale måltalet for registrerte studentar i 2001. Dei spesifiserte måltala innanfor medisin, psykologi og praktisk-pedagogisk utdanning er oppfylte, medan farmasi ikkje har klart å nå måltalet. Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Universitetet i Tromsø i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
3 128 | 3 213 | 225 | 277 |
Forsking
Vitskaplege publikasjonar 1997-2001
1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 645 | 513 | 546 | 522 | 559 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 151 | 176 | 189 | 182 | 133 |
Faglege bøker/lærebøker | 95 | 37 | 19 | 38 | 13 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 115 | 111 | 111 | 126 | 106 |
Totalt | 1 006 | 837 | 865 | 868 | 811 |
Av desse vitskaplege publikasjonar av stipendiatar/andre | 81 | 216 | 149 | 176 |
Talet på publikasjonar i kategorien «Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift» har auka frå 2000 til 2001. Talet på publikasjonar i alle andre kategoriar har gått ned, og utviklinga frå tidlegare år held såleis fram. Prosentvis er nedgangen i perioden 1997 til 2001 størst i kategorien «Faglege bøker og lærebøker».
Talet på publikasjonar per vitskapleg årsverk har òg gått ned i perioden. I kategorien «Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift» har universitetet færre publikasjonar per vitskapleg årsverk enn andre universitet. Det same gjeld òg når vi ser på samla tal for alle kategoriane.
Universitetet i Tromsø legg vekt på å utvikle ein fagleg profil som speglar at universitetet er lokalisert i nord. Arktisk forsking og undervisning, fiskeriforsking og utdanning innanfor fiskeri, marine fag og forsking og undervisning knytt til urbefolkning/samiske forhold er derfor prioriterte område. Universitetet tek også omsyn til nasjonale prioriteringar, slik at både det marine feltet og aktivitetar knytte til FUGE er styrkte. Universitetet sin handlingsplan for forsking tek utgangspunkt i følgjande satsingsområde:
nordområdeforsking
nordlysforsking/romforsking
samfunnsmedisinsk forsking
forsking om fleirkulturelle og fleirspråklege tilhøve
forsking om samiske tilhøve
Fleire fagområde er evaluerte av Forskingsrådet, og desse evalueringane har gitt viktige innspel til den interne strategiutviklinga. Delar av universitetet sitt budsjett blir fordelte med ei strategisk grunngiving, mellom anna midlar til rekrutteringsstipend og til postdoktorstillingar. I løpet av det siste året har både det marine feltet og FUGE-relaterte aktivitetar vorte styrkte.
Ved tildelinga av departementet sin kvalitetspris for 2001 fekk etter- og vidareutdanning (U-vett) ved universitetet delt andrepris for programmet Lederutviklingsprogrammet for fiskeindustribedriftene i Båtsfjord.
Eit av universitetet sine forskingsmiljø fekk i 2002 status som Senter for framifrå forsking.
Universitetet i Tromsø utarbeidde ein eigen strategi for internasjonalisering i 2001 og vil følgje opp med ein konkret handlingsplan i løpet av 2002. Blant dei fagleg tilsette var 122 på utveksling i utlandet i 2001.
Undervisning
Universitetet er godt i gang med å førebu innføring av Kvalitetsreforma frå hausten 2003. Mykje av arbeidet har vore knytt til ny studiestruktur ved allmennfakulteta. Det skal utviklast nye heilskaplege studieprogram også ved dei frie fagstudia, og det vil bli lagt til rette for opphald ved ein utanlandsk lærestad i alle studieprogram.
Universitetet er komme langt i arbeidet med å utvikle system for kvalitetssikring. Systemet tek sikte på å kunne identifisere særlege problemområde i studiet gjennom systematiske analysar og kvantitative data. Handlingsplanar for studiekvalitet skal bli kopla tettare opp mot analysar av resultata.
Universitetet legg vekt på å ha fagleg breidd og profil som i størst mogleg grad møter behovet for akademisk arbeidskraft i landsdelen.
Endring i studieplassar
I statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta med 2 152. Reduksjonen for Universitetet i Tromsø var på 255 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare det auka opptaket på 15 studieplassar i medisin og 15 studieplassar i farmasi.
Formidling
Formidling av kunnskap og forskingsresultat frå fagmiljøa til samfunnet omkring skjer på mange ulike måtar, blant anna gjennom utstillingar ved Tromsø museum, gjennom foredrag og populærvitskaplege artiklar. Hovudoppgåvene for Tromsø museum er ivaretaking av vitskaplege samlingar, forsking, formidling og forvaltning med særleg ansvar for fagområda botanikk, geologi, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie og samisk etnografi i Nord-Noreg og nordområda. Tromsø museum legg vekt på å utarbeide eigne vandreutstillingar. Museet hadde i 2001 totalt i 84 550 besøkjande, ein nedgang på 3,5 pst.
Resultatmål for 2003
Universitetet i Tromsø skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Universitetet må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte, til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Universitetet må auke samarbeidet med andre delar av samfunnet og vere lydhørt for behov frå arbeids- og næringsliv når det gjeld forsking. Institusjonen må òg halde fram med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Universitetet må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg kvinner. Universitetet bør prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår og kvalitet i forskinga. Resultat i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar.
Universitetet må styrkje den langsiktige strategiske forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader.
Universitetet må halde fram med å prioritere område som er særmerkte og viktige for landsdelen og Noreg, slik som fiskeri, havbruk og marine fag. Universitetet i Tromsø er viktig for høgre utdanning, forsking og næringsliv i Nord-Noreg og har ei avgjerande rolle i arbeidet med å dekkje behova for høgt utdanna helsepersonell i landsdelen.
Universitetet må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Universitetet må utnytte den studiekapasiteten det har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
For å styrkje undervisninga ved Universitetet i Tromsø i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 24,2 mill. kroner. Av desse er 17,7 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Universitetet i Tromsø auka med 5,1 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Regjeringa foreslår ein ytterlegare auke på 7 mill. kroner, totalt 12,1 mill. kroner, som ein del av den strategiske forskingsløyvinga, jf. kategoriomtalen. Løyvinga skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forskings- og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiane som gjeld ved universitetet.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2003, jf. kategoriomtalen. Budsjettmidlar til 16 stipendiatstillingar er lagde inn i budsjettramma til Universitetet i Tromsø med verknad frå hausten 2003.
Universitetet i Tromsø får ein auke i budsjettramma på 6,6 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 55 i høve til resultatkravet for 2000. Vidare er talet på utvekslingsstudentar auka med 52 i høve til 2001, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings-studentar | Sum |
6 604 800 | 75 600 | -333 600 | -1 310 400 | -257 332 | 1 592 139 | 260 000 | 6 631 207 |
Departementet foreslår ei løyving i 2003 på 1,7 mill. kroner til å førebu eit nytt studietilbod i odontologi i Tromsø. Departementet legg opp til ein integrert modell der den fylkeskommunale tannhelsetenesta i Troms byggjer opp og driv den odontologiske universitetsklinikken. Departementet viser til at tannhelsetenesta i Troms nå byggjer opp eit odontologisk kompetansesenter i Tromsø i samråd med tannhelsetenestene i Nordland og Finnmark. Siktemålet er å byggje opp eit odontologisk fagmiljø for å sikre tilgang på spesialistkompetanse til tannhelsetenestene i Nord-Noreg og fagfolk til universitetsklinikken i Tromsø. Departementet tek sikte på gradvis oppbygging av kapasiteten i studiet frå hausten 2004.
I budsjettet for 2002 vart talet på studieplassar redusert med 255 på allmennfakulteta på lågare grad ved Universitetet i Tromsø. Det er lagt inn heilårsverknad for 2003.
Regjeringa foreslår ein reduksjon av budsjettramma for universitetet og høgskolar på 11,8 mill. kroner knytt til reduksjon av studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 5,9 mill. kroner til universiteta og 5,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Reduksjonen ved Universitetet i Tromsø utgjer 20 studieplassar (60-studiepoengseiningar).
I budsjettet for 2003 er det lagt inn heilårsverknad av 14 studieplassar i medisin og 7 studieplassar i farmasi oppretta i 2002. Det er òg lagt inn vidareføring av eit auka opptak på åtte plassar i farmasi og 14 plassar i medisin i budsjettramma for 2003.
Til vidareføring av bygging av Teorifagsbygget er det foreslått løyvd 270,7 mill. kroner på kap. 1580 post 31, jf. omtale i budsjettet for Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Departementet foreslår ei utstyrsløyving til Teorifagsbygget på 55 mill. kroner i 2003. Det er ein auke på 35 mill. kroner frå 2002.
Det vart i budsjettet for 2002 lagt inn midlar til etablering av studium i arktisk landbruk frå hausten 2002. Heilårsverknaden i 2003 er foreslått med kr 900 000.
Universitetet i Tromsø kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Tromsø utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 264 Noregs handelshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 189 231 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 556 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 13 085 | ||
50 | Statstilskott | 184 254 | 211 905 | |
Sum kap. 264 | 215 872 | 184 254 | 211 905 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. denne tekniske endringa:
Post 50 er oppjustert med 15,4 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Noregs handelshøgskole har eit særleg ansvar for høgre økonomisk-administrativ utdanning og særskilt grunnforsking og forskarutdanning innanfor desse fagområda. Noregs handelshøgskole har òg det nasjonale ansvaret for translatøreksamen.
Resultatrapport for 2001-02
Studenttalet for dei ulike studietilboda ved Noregs handelshøgskole hausten 2001 går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|---|
Siviløkonomstudiet | 524 | 2 107 | 376 |
Cand. Merc./Cand. Oecon. | 51 | 136 | 28 |
Høgre revisorstudium | 98 | 319 | 90 |
Master of International Business | 27 | 62 | 27 |
Doktorgrad | 17 | 11 | |
Praktisk-pedagogisk utdanning, eittårige studium i språk | 73 | 100 | 51 |
Sum | 773 | 2 7411) | 583 |
1)I tillegg er det registrert 22 personar utan studierett.
Kilde: DBH.
Måltalet for registrerte studentar vart oppfylt med god margin i 2001. Det er registrert høge studenttal på siviløkonomstudiet og høgre revisorstudium. Noko av grunnen til det høge studenttalet på høgre revisorstudium er at kandidatane tek eksamen om igjen om dei ikkje får laudabel karakter, av di dette er kravet for autorisasjon.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Noregs handelshøgskole i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
1 880 | 1 821 | 276 | 367 |
Vitskaplege publikasjonar i 1996-2001
Kap. 264 Noregs handelshøgskole | 1996 | 19971) | 19982) | 1999 | 2000 | 20013) |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 75 | 59 | 52 | 65 | 55 | 47 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 73 | 44 | 37 | 14 | 15 | 7 |
Faglege bøker/lærebøker | 31 | 25 | 23 | 35 | 19 | 17 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 35 | 55 | 33 | 41 | ||
Sum | 179 | 128 | 147 | 169 | 122 | 112 |
1) I tillegg kjem 42 kapittel eller artiklar som tidlegare vart fordelte på høvesvis internasjonale og nasjonale publikasjonar, og 69 vitskaplege arbeid presenterte på nasjonale fagkonferansar.
2)I tillegg kjem 54 vitskaplege arbeid presenterte på fagkonferansar og 25 leiarar, kommentarar publiserte i tidsskrift og dagspresse.
3)I tillegg kjem 57 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale.
Det er ein nedgang i talet på vitskaplege publikasjonar i perioden.
Resultatmål for 2003
Noregs handelshøgskole må innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Høgskolen må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen skal utføre forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet. Som ein del av dette må høgskolen styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Høgskolen må gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga. Noregs handelshøgskole må i tillegg utarbeide strategiske prioriteringar for forskinga og synleggjere desse, og høgskolen må arbeide for å betre rutinar for rapportering av forskingsresultat.
Det faglege samarbeidet mellom Noregs handelshøgskole, universitet, statlege høgskolar og andre, mellom anna om professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning, må halde fram i 2003.
Noregs handelshøgskole må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Høgskolen må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid.
Høgskolen må utnytte den studiekapasiteten den har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
For å styrkje undervisninga ved Noregs handelshøgskole i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 6,8 mill. kroner. Av desse er 3,5 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
Noregs handelshøgskole får ein reduksjon i budsjettramma på 2,3 mill. kroner, som følgje av at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er redusert med 59 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar auka med 91 i høve til 2000, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 0 | 0 | -4 504 680 | 1 082 829 | 710 059 | 455 000 | -2 256 792 |
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Noregs handelshøgskole auka med 1,4 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Departementet foreslår ein ytterlegare auke på kr 500 000, totalt 1,9 mill. kroner, som ein del av strategisk forskingsløyving, jf. kategoriomtalen. Løyvinga skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiar som gjeld ved Noregs handelshøgskole.
Det er lagt inn midlar til to nye doktorgradsstipendiatstillingar ved Noregs handelshøgskole. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma med verknad frå hausten 2003.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs handelshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3264 Noregs handelshøgskole (jf. kap. 264)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 14 468 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 29 828 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 227 | ||
17 | Refusjon for bruk av lærlingar | 15 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 542 | ||
Sum kap. 3264 | 47 080 |
For Noregs handelshøgskole er det frå 2002 innført nettobudsjettering.
Kap. 265 Arkitekthøgskolen i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 43 751 | 45 646 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 5 242 | 4 478 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 14 936 | 1 604 | |
50 | Statstilskott | 75 726 | ||
Sum kap. 265 | 63 929 | 51 728 | 75 726 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
I samband med overgang til nettobudsjettering er utgiftsløyvinga samla på ny post 50. Inntektsløyvingane på til saman om lag 4,7 mill. kroner under kap. 3265 er trekte ut, og utgiftsløyvinga er redusert tilsvarande.
Budsjettramma er oppjustert med 17,5 mill. kroner i samband med at midlar til husleige er overførte frå kap. 281 post 01.
Budsjettramma er oppjustert med om lag 3,7 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Resultatrapport for 2001-02
Studenttalet for dei ulike studietilboda ved høgskolen hausten 2001 går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|---|
Sivilarkitektstudiet | 34 | 246 | 33 |
Sivilindustridesignstudiet | 24 | 95 | 12 |
Master of Art | 0 | 23 | 0 |
Doktorgrad | 0 | 38 | 3 |
Sum | 58 | 402 | 48 |
Kilde: DBH.
Det totale studentmåltalet for Arkitekthøgskolen er oppfylt med god margin. Talet på registrerte studentar har auka på alle studia, med unntak av doktorgrad, samanlikna med 2000.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Arkitekthøgskolen i Oslo i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
200 | 246 | 59 | 48 |
Arkitekthøgskolen i Oslo gir utdanninga eit internasjonalt perspektiv gjennom hyppig bruk av utanlandske forelesarar og prosjektmedarbeidarar. Likevel har høgskolen hatt ein kraftig reduksjon i talet på utvekslingsstudentar i 2001 i høve til i 1999 og 2000.
Dei fagleg tilsette ved Arkitekthøgskolen i Oslo har i 2001 til saman gitt ut, eller vore bidragsytarar i, 73 artiklar, bøker, kronikkar, foredrag, gjesteforelesinger og intervju med meir. Høgskolen har 13 pågåande FoU-prosjekt.
Resultatmål for 2003
Arkitekthøgskolen i Oslo skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Høgskolen må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Høgskolen må gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga. Høgskolen må kvalitetssikre det eksisterande doktorprogrammet. Høgskolen må styrkje rekrutteringa av stipendiatane og utvide formidlinga av FOU-resultata.
Arkitekthøgskolen må auke samarbeidet med andre institusjonar.
Arkitekthøgskolen i Oslo må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Høgskolen må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Høgskolen må utnytte den studiekapasiteten den har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgiftar, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Departementet foreslår at Arkitekthøgskolen i Oslo går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2003, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 5.
For å styrkje undervisninga ved Arkitekthøgskolen i Oslo i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 1 mill. kroner. Av desse er 0,6 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
Arkitekthøgskolen i Oslo får ein auke i budsjettramma på 3,3 mill. kroner i samsvar med at avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 46 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar redusert med elleve i høve til 2000, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving (i kroner)
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
---|---|---|---|---|---|---|---|
0 | 3 304 800 | 0 | 0 | 0 | 7 048 | -55 000 | 3 256 848 |
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Arkitekthøgskolen i Oslo auka med kr 200 000 til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003.
Det er lagt inn midlar til heilårsverknad og vidareføring av ni studieplassar i sivilindustridesign ved Arkitekthøgskolen i Oslo.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Arkitekthøgskolen i Oslo utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3265 Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 5 240 | 4 500 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 610 | 171 | |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 94 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 28 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 333 | ||
Sum kap. 3265 | 7 305 | 4 671 |
Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 265.
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 85 097 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 682 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 4 796 | ||
50 | Statstilskott | 82 625 | 99 912 | |
Sum kap. 268 | 103 575 | 82 625 | 99 912 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. denne tekniske endringa:
Budsjettramma er oppjustert med om lag 8,2 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Resultatrapport for 2001-02
Opptak, registrerte studentar og kandidattal for dei ulike studietilboda ved høgskolen går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|---|
Lågare grad | 502 | 464 | 3652) |
Hovudfag | 52 | 132 | 40 |
Doktorgrad | 3 | 30 | 9 |
Sum | 557 | 6261) | 4143) |
1)I tillegg er det registrert 16 personar utan studierett.
2)Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad.
3)NIH uteksaminerte 13 faglærarar i kroppsøving og 39 cand.mag.-kandidatar.
Kilde: DBH.
På hovudfag er opptaket redusert samanlikna med 2000. Idrettshøgskolen har ein nedgang i talet på registrerte studentar. For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar. Det samla talet på registrerte studentar var nær måltalet, og det vart uteksaminert fleire kandidatar enn måltalet. Idrettshøgskolen uteksaminerte 18 fleire kandidatar enn i 2000.
Høgskolen arbeidde i 2001 og 2002 med å leggje til rette for innføring av Kvalitetsreforma. Frå hausten 2002 vil høgskolen tilby første året av bachelorgraden. Etter- og vidareutdanning er eit satsingsområde for høgskolen. I 2001 arrangerte høgskolen til saman 38 kurs av ulikt omfang med i alt 2 388 studentar.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Noregs idrettshøgskole i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
437 | 451 | 44 | 28 |
Vitskaplege publikasjonar 1996-2001
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrifter | 13 | 34 | 32 | 24 | 34 | 27 |
Faglege bøker/lærebøker | 2 | 4 | 13 | 14 | 7 | 9 |
Kapittel i faglege bøker og lærebøker | 7 | 7 | 18 | 35 | 20 | 21 |
Sum | 221) | 452) | 633) | 73 | 614) | 575) |
1) I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 8 vitskaplege publikasjonar.
2) I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 9 vitskaplege publikasjonar.
3) I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 16 vitskaplege publikasjonar.
4) I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 11 vitskaplege publikasjonar.
5) I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 45 vitskaplege publikasjonar. Av desse er det 32 foredrag ved vitskapelege konferansar.
Talet på vitskaplege publikasjonar er samla sett om lag uendra frå 2000 til 2001. Høgskolen har i 2001 oppretta eit senter for oppdragsforsking og kunnskapsbaserte tenester som skal arbeide for å auke den eksterne finansieringa av forskingsprosjekt.
Resultatmål for 2003
Noregs idrettshøgskole skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Høgskolen må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Høgskolen må gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga. Noregs idrettshøgskole må utvikle vidare og følgje opp forskingsstrategien sin og halde fram i arbeidet med å spisse innsatsen mot utvalde område.
Idrettshøgskolen har det nasjonale ansvaret for høgre idrettsutdanning og bør utvikle vidare samarbeidet med relevante institusjonar.
Noregs idrettshøgskole må halde fram med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Høgskolen må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Høgskolen må utnytte den studiekapasiteten den har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgiftar, større utstyrskjøp og vedlikehald.
For å styrkje undervisninga ved Noregs idrettshøgskole i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma, er det i budsjettet for 2003 foreslått 1,7 mill. kroner. Av desse er 1 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
Noregs idrettshøgskole får ein auke i budsjettramma på kr 265 300, i samsvar med at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 14 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar redusert med 16 i høve til 2000, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 0 | 0 | -601 200 | 1 042 500 | -96 000 | -80 000 | 265 300 |
Det er lagt inn budsjettmidlar til to nye doktorgradsstipendiatstillingar ved Noregs idrettshøgskole. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma med verknad frå hausten 2003.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Noregs idrettshøgskole auka med 0,4 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Samstundes foreslår departementet ein ytterlegare auke på 1 mill. kroner, totalt 1,4 mill. kroner, som ein del av strategisk forskingsløyving, jf. kategoriomtalen.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs idrettshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3268 Noregs idrettshøgskole (jf. kap. 268)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 13 600 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 6 953 | ||
05 | Refusjon frå Forsvarsdepartementet | 2 507 | ||
11 | Refusjon av kursavgifter ved vaksenopplæringstiltak | 1 673 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 438 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 174 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 749 | ||
Sum kap. 3268 | 27 094 |
Noregs idrettshøgskole vart frå 2002 nettobudsjettert.
Kap. 269 Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 3269)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 93 766 | 94 720 | 110 058 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 1 276 | 1 200 | 1 200 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 1 790 | 2 322 | 2 359 |
Sum kap. 269 | 96 832 | 98 242 | 113 617 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
Post 01 er oppjustert med om lag 8 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Post 01 er oppjustert med om lag 1,7 mill. kroner i samband med at kostnader knytt til studiestad Carl Berner er foreslått overført frå kap. 281 post 01.
Post 01 er oppjustert med om lag 0,3 mill. kroner i samband med at midlar til å finansiere eit halvt professorat i musikk er overført frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
Resultatrapport for 2001-02
Opptak, registrerte studentar og kandidattal for dei ulike studietilboda ved høgskolen går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|---|
Kandidatstudiet | 78 | 293 | 53 |
Hovudfags-/diplomstudiet | 47 | 135 | 29 |
Doktorgrad | 2 | 9 | 0 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 10 | 12 | 5 |
Faglærarstudiet | 0 | 1 | |
Vidareutdanning | 52 | 66 | 451) |
Sum | 189 | 515 | 133 |
1)Blant dei 45 kandidatane på vidareutdanning er det inkludert 4 studentar på Minoritetskulturer i musikkundervisning, som er lagt på lågare grad ved NMH.
Kilde: DBH.
Noregs musikkhøgskole har auka studenttalet noko på kandidatstudiet og hovudfags-/diplomstudiet i høve til 2000. På dei andre studia er tala nær uendra. For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar. Noregs musikkhøgskole meir enn oppfylte måltalet for registrerte studentar.
Departementet la våren 2002 fram St.meld. nr. 18 Kvalitetsreformen Om høyere kunstutdanning (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 214 (2001-2002). Musikk- og kunstfagutdanningane skal inngå i det nye gradssystemet. Vidare skal gradsnemningane bachelor og master nyttast. Nokre fireårige utdanningar innanfor musikk og biletkunst kan framleis vere fireårige. Dette gjeld utdanningar ved institusjonar som i dag har tilbod om fireårige løp.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Noregs musikkhøgskole i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
351 | 336 | 43 | 62 |
Noregs musikkhøgskole har i dei siste åra styrkt sitt internasjonale engasjement mellom anna gjennom NORDPLUS og SOKRATES.
Noregs musikkhøgskole utdannar skapande og utøvande musikarar, komponistar og musikklærarar med meir. Musikkhøgskolen har eige doktorgradsprogram, og har no rett til å tildele graden ph.d. Dei første doktorgradskandidatane er venta å bli ferdige i 2002. Institusjonen arrangerte blant anna meir enn 200 offentlege konsertar i fjor, og er engasjert i fleire forskingsprosjekt på sitt felt innanfor tradisjonell forsking i tillegg til det kunstnarlege utviklingsarbeidet. Noregs musikkhøgskole har innført differensiert tildeling av FoU-ressursane til sine tilsette avhengig av stillingstype.
Departementet har saman med Noregs musikkhøgskole og dei to kunsthøgskolane oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid, i tråd med St.meld. nr. 18 (2001-2002). Programmet skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis på linje med dei organiserte doktorgradsprogramma, og skal vere ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. For 2002 vart det løyvd midlar til fire stipendiatstillingar, og departementet foreslår å løyve midlar til to nye stipendiatstillingar i 2003.
Resultatmål for 2003
Noregs musikkhøgskole skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Høgskolen må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Høgskolen må gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga.
Musikkhøgskolen har eit nasjonalt ansvar for høgre skapande og utøvande musikkutdanning, og bør auke samarbeidet med andre institusjonar i samfunnet.
Noregs musikkhøgskole må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Høgskolen må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Høgskolen må utnytte den studiekapasiteten den har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
For å styrkje undervisninga ved Noregs musikkhøgskole i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 1,4 mill. kroner. Av desse er 0,8 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
Noregs musikkhøgskole får ein reduksjon i budsjettramma på 0,9 mill. kroner, i samsvar med at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er redusert med 15 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar auka med 19 i høve til 2000, jf. tabellen nedanfor. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | -502 200 | -672 000 | 1 800 | -60 000 | 204 484 | 95 000 | -932 916 |
Det er lagt inn midlar til ei ny doktorgradsstipendiatstilling ved Noregs musikkhøgskole. Stillinga er lagt inn i budsjettramma med verknad frå hausten 2003.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3269 postane 02, 06 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som blir finansiert på kap. 3269 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden som den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Post 45 gjeld løyving til vitskapleg utstyr, til kjøp av utstyr og inventar til nybygg samt større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid. Løyvinga blir foreslått ført vidare i 2003.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs musikkhøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3269 Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 1 188 | 1 200 | 1 200 |
02 | Salsinntekter o.a. | 901 | 300 | 312 |
06 | Inntekter ved konsertar og tenester | 876 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 612 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 138 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 727 | ||
Sum kap. 3269 | 4 442 | 1 500 | 1 512 |
På post 02 skal det, i tillegg til inntekter frå sal av materiell til studentar m.m., òg førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig leige av lokale. Også faste leigeinntekter kan førast på post 02.
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70 | Tilskott til lengre reiser , overslagsløyving | 75 776 | 42 028 | |
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 7 684 | 7 941 | 4 537 |
73 | Tilskott til studentbarnehagar | 68 979 | 73 494 | 76 360 |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 53 185 | 54 971 | 57 115 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast | 193 489 | 192 453 | 199 959 |
Sum kap. 270 | 399 113 | 370 887 | 337 971 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 71 er redusert med om lag 1,4 mill. kroner i samband med at midlar til Studiesenteret i Caen er overførte til Universitetet i Oslo, sjå kap. 260 post 50.
Post 71 er redusert med om lag 1,4 mill. kroner i samband med at midlar til Det tysk-norske studiesenteret i Kiel og Det norske studiesenteret i Storbritannia er overførte til Universitetet i Bergen, sjå. kap. 261 post 50.
Post 71 er redusert med om lag 0,9 mill. kroner i samband med at midlar til Noregs Hus i Paris er overførte til kap. 288 post 21.
Post 70 Tilskott til lengre reiser, overslagsløyving
Tilskottsordninga gjeld moderasjon ved lengre reiser for elevar og studentar som nyttar Noregs Statsbaner BA (NSB), Troms Fylkes Dampskibsselskap AS og Nord-Noreg Bussen. Formålet med tilskottsordninga er lågare prisar på lengre reiser for elevar og studentar. I 2001 vart det utbetalt om lag 76 mill. kroner til dei tre selskapa. For 2002 vart løyvinga redusert med 32 mill. kroner i høve til 2001. Innanfor den reduserte løyvingsramma forhandla departementet fram nye avtalar med NSB, Troms Fylkes Dampskibsselskap og Nord-Noreg Bussen for 2002. Avtalane med NSB og Nord-Noreg Bussen gjeld reiser over 150 km. Avtalen med Troms Fylkes Dampskibsselskap gjeld reiser over 80 nautiske mil. For 2003 blir det foreslått å overføre forvaltninga av ordninga til Samferdsledepartementet, sjå omtale under kap. 1330 post 73.
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Tilskottsordninga skal sikre drifta av norske studiesenter i utlandet som gir kurs- og velferdstilbod til norske studentar. Det blir gitt tilskott til studiesentra i York, Kiel og Caen. I tillegg blir det gitt tilskott til Noregs Hus i Paris, som er eit velferdstilbod til norske studentar som studerer der. Departementet gir òg tilskott til Fulbright-programmet. Det er eit stipendprogram som støttar at særleg kvalifiserte søkjarar skal kunne studere i USA på master- og doktorgradsnivå, og tilsvarande for studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2001 vart det utbetalt om lag 3,5 mill. kroner til Noregs Hus i Paris og studiesentra i York, Kiel og Caen. Det vart utbetalt om lag 4,2 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet har vurdert forvaltninga av heile tilskottsordninga. Tilskottet til Fulbright-programmet blir framleis på kap. 270 post 71. Forvaltninga av tilskottet til Noregs Hus i Paris er foreslått overført til kap. 288 post 21 frå 2003. Vidare er det foreslått å leggje forvaltninga av tilskottet til studiesenteret i Caen til Universitetet i Oslo. Forvaltninga av tilskotta til Det norske studiesenteret i Storbritannia og Det tysk-norske studiesenteret i Kiel er foreslått lagde til Universitetet i Bergen. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga i 2003, korrigert for dei midlane som blir overførte til andre kapittel.
Post 73 Tilskott til studentbarnehagar
Studentsamskipnadene mottek direkte statstilskott til drift av studentbarnehagane frå departementet. I tillegg mottar dei tilskott frå Barne- og familiedepartementet. Formålet med tilskottsordninga er å medverke til rimelegare prisar i studentbarnehagane. Dei skal samstundes vere eit supplement til tilbodet i kommunal og privat sektor. Alle samskipnadene har etablert studentbarnehage. I 2002 er satsane kr 44 968 per plass for barn under tre år og kr 20 882 for barn over tre år. For 2003 foreslår departementet ei vidareføring av løyvingsnivået for 2002. Fastsetjing av satsar for tilskott og fordeling av tilsegn vil bli sett i samband med Regjeringa si satsing på barnehagar generelt, sjå kap. 856 post 60 under budsjettet til Barne- og familiedepartementet.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere velferdstilbodet elles i samfunnet. Det skal vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlaget for studentvelferden ved utdanningsinstitusjonane og fremme interesser til elevar og studentar. Samla vært det utbetalt om lag 53 mill. kroner i 2001. Av desse vært det utbetalt 2 mill. kroner til prosjekt i sosialfagleg rådgivingsteneste. Desse prosjekta gjekk over ein periode på tre år og vart avslutta i 2001. 40,6 mill. kroner gjekk til 26 studentsamskipnader med om lag 183 500 medlemmer. I tillegg har landsomfattande interesseorganisasjonar for elevar og studentar teke imot tilskott på om lag 3,9 mill. kroner. Grunntilskottet til studenthelsetenesta utgjorde om lag 6,6 mill. kroner i 2001. For 2003 foreslår departementet å føre vidare løyvingsnivået i 2002.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Målsetjing
Tilskottsordninga skal sikre at ein byggjer studentbustader, og den skal sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar.
Rapport for 2001-02
Ved utgangen av 2001 disponerte studentsamskipnadene totalt 29 165 hybeleiningar. I 2001 svarar dette til ein gjennomsnittleg dekningsgrad på 16,6 pst. for medlemmene i studentskipnadene. Av desse er det ei stor gruppe som ikkje har studium som hovudaktivitet. Om lag 300 hybeleiningar er lagde til rette for bruk av funksjonshemma studentar. Det svarer til om lag 1 pst. av studentbustadene. I tråd med merknad frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001-02) legg departementet opp til at 10 pst. av dei nye studentbustadene som blir bygde, skal vere lagde til rette for funksjonshemma. I 2001 vart om lag 650 nye hybeleiningar ferdige. I 2002 gav departementet tilsegn om støtte til om lag 800 nye hybeleiningar fordelte på følgjande stader: Agder, Bergen, Akershus, Oslo, Sunnmøre og Vestfold. Tilskott til bygging av studentbustader utgjer 60 pst. av på førehand godkjende byggjekostnader. Øvre kostnadsgrense er sett til kr 350 000 per hybeleining. Departementet har opna for ei høgre øvre kostnadsramme for bygging av studentbustader i pressområde som Oslo, Bergen og Trondheim, men innanfor tilskottsgrensa på 60 pst.
I Innst. O. nr. 67 (2000-2001) og anmodningsvedtak nr. 383 (2000-2001) bad Stortinget Regjeringa sjå nærare på ei ordning der det blir gitt tilsegn på førehand til bygging av studentbustader innanfor vedtekne kostnadsrammer. Ordninga skulle garantere samskipnadene statsstøtte når dei gir bod på eigedommar. Samskipnadene får på førehand tilsegn om statstilskott til bygging av nye studentbustader og til kjøp og konvertering av eksisterande eigedomsmasse til studentbustader. Departementet legg vekt på å fordele tilsegnene til studentsamskipnadene tidleg på året, slik at det blir meir pårekneleg for samskipnadene når dei skal planleggje og byggje studentbustader. I 2002 vart tilsegnene fordelte i mars månad, og ein legg opp til ei enda tidlegare fordeling i 2003.
Budsjettforslag for 2003
I budsjettavtalen i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002 heiter det at studentbustader blir lagde inn under husbankfinansieringa, men at dei framleis skal vere ein del av utdanningspolitikken. Departementet er i gang med eit arbeid for å sjå på korleis ein kan leggje om forvaltninga av tilskottsordninga.
Fleire studentbustadprosjekt har problem med å halde seg innanfor dei fastsette kostnadsrammene. Departementet vil sjå nærare på denne kostnadsveksten, og mellom anna vurdere om det er nødvendig med klårare krav til standarder for studentbustadar.
Departementet foreslår å løyve om lag 200 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2003. Om lag 1 mill. kroner vil bli nytta til rådgiving i samband med studentbustadbygging. Dette gir ei ramme for nye tilsegn i 2003 på om lag 199 mill. kroner.
Løyvinga på post 75 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3270 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2002-03
(i 1 000 kr) | |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2002 | 196 000 |
Løyving | 199 959 |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2003 | 196 000 |
Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 196 mill. kroner, sjå forslag til vedtak III nr. 1.
Departementet foreslår å nytte inntektene frå sal av hybelhuset i Schultz' gate 7 i Oslo til bygging av nye studentbustader, sjå forslag til vedtak II nr. 4.
Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 3273)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 157 517 | 161 900 | 185 544 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 637 | 1 407 | 1 407 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 6 582 | 35 497 | 36 065 |
Sum kap. 273 | 164 736 | 198 804 | 223 016 |
I høve til budsjettet for 2002 er det gjort m.a. denne tekniske endringa:
Post 01 er oppjustert med om lag 11,9 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Kapitlet finansierer drift av:
Kunsthøgskolen i Oslo
Kunsthøgskolen i Bergen
Resultatrapport for 2001-02
Kunsthøgskolen i Oslo har studium innanfor metall, tekstil, klede og kostyme, keramikk, innreiingsarkitektur og møbeldesign, grafisk design og biletkunst. Scenekunstavdelingane utdannar skodespelarar, sceneinstruktørar, dansarar, koreografar og pedagogar innanfor ballett, og gir utdanning i operafag.
Kunsthøgskolen i Bergen gir undervisning innanfor biletkunst, fotografi, grafikk, keramikk, tekstil, visuell kommunikasjon, innreiingsarkitektur og møbeldesign.
Studenttal i 2001
Institusjon/avdeling | Opptak | Måltal studentar | Registrerte studentar |
---|---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | |||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 112 | 265 | 342 |
Avdeling Statens kunstakademi | 31 | 105 | 102 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 13 | 30 | 30 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 18 | 40 | 53 |
Avdeling Statens operahøgskole | 4 | 12 | 12 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 178 | 452 | 539 |
Kunsthøgskolen i Bergen | |||
Avdeling for design | 38 | 95 | 101 |
Avdeling for spesialisert kunst | 42 | 100 | 114 |
Avdeling kunstakademiet | 14 | 60 | 59 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 94 | 255 | 274 |
Sum kunsthøgskolar | 272 | 707 | 813 |
Kilde: DBH.
Både Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen oppfylte i 2001 måltalet for studentar samla sett.
Kandidattal i 2001
Institusjon/avdeling | Måltal kandidatar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | ||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 118 | 101 |
Avdeling Statens kunstakademi | 25 | 21 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 10 | 10 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 15 | 11 |
Avdeling Statens operahøgskole | 4 | 4 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 172 | 147 |
Kunsthøgskolen i Bergen | ||
Avdeling for design | 36 | 31 |
Avdeling for spesialisert kunst | 38 | 27 |
Avdeling kunstakademiet | 15 | 16 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 89 | 74 |
Sum kunsthøgskolar | 261 | 2211) |
1)Av desse er 86 hovudfagskandidatar.
Kilde: Kjelde for uteksaminerte kandidatar: DBH.
Ingen av kunsthøgskolane oppfylte måltalet for uteksaminerte kandidatar i 2001. Dette gjeld for dei fleste avdelingane.
Departementet la våren 2002 fram St.meld. nr. 18 Kvalitetsreformen Om høyere kunstutdanning (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 214 (2001-2002). Musikk- og kunstfagutdanningane skal inngå i det nye gradssystemet, og gradsnemningane bachelor og master skal nyttast. Nokre fireårige utdanningar innanfor musikk og biletkunst kan framleis vere fireårige. Dette gjeld utdanningar ved institusjonar som i dag har tilbod om fireårige løp.
Stortingsmeldinga omhandlar òg organiseringa av Kunsthøgskolen i Oslo, og slår fast at kunsthøgskolen skal førast vidare med dei utdanningane som alt ligg der. Departementet tek sikte på at heile kunsthøgskolen blir samlokalisert i Seilduksfabrikken gjennom eit byggjetrinn 2. Departementet har opsjon på byggjetrinn 2 ut året 2004. Byggjetrinn 1 er rekna å vere ferdig hausten 2003.
Dei tilsette ved Kunsthøgskolen i Oslo har publisert 57 faglege avhandlingar og artiklar, og teke del i produksjon av to fag- og lærebøker. Dei tilsette og studentane driv med både kunstnarleg verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid og meir tradisjonell forsking. Dei tilsette ved denne kunsthøgskolen har hatt fleire innanlandske og utanlandske utstillingar med meir.
Kunsthøgskolen i Oslo held fram med samarbeidet med ein høgskole i Zimbabwe innanfor utdanning i dans.
Kunsthøgskolen i Bergen har inngått ein intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om eit samarbeid innanfor dr.art.-programmet ved Det historisk-filosofiske fakultet. Kunsthøgskolen i Bergen har gitt ut til saman 10 publikasjonar i 2000 og 2001. Kunsthøgskolen arbeider for å styrkje FoU-verksemda ved institusjonen. Kunsthøgskolen ønskjer å samordne all si FoU-verksemd i eit felles paraplyprosjekt for alle tilsette.
Kunsthøgskolen i Bergen har ein stor del studentar på utveksling i utlandet, medan talet på innreisande studentar har gått ned det siste året.
Begge kunsthøgskolane bør styrkje arbeidet med å utvikle kriterium for kunstnarleg utviklingsarbeid og finne gode indikatorar for dokumentasjon, slik at forskings- og utviklingsarbeid ikkje kan forvekslast med formidling og ordinære undervisningsoppgåver.
Kunsthøgskolane vil ikkje vere omfatta av det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar i budsjettåret 2003. Kunsthøgskolane må arbeide for å sikre kvaliteten på dei data som inngår i finansieringssystemet.
Departementet har, saman med Noregs musikkhøgskole og dei to kunsthøgskolane, oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med St.meld. nr. 18 (2001-2002). Programmet skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis på linje med dei organiserte doktorgradsprogramma, og skal vere ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. For 2002 vart det løyvd midlar til fire stipendiatstillingar, og departementet foreslår å løyve midlar til 2 nye stipendiatstillingar i 2003.
Resultatmål for 2003
Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma.
Kunsthøgskolane må, i tråd med intensjonane i Kvalitetsreforma, intensivere arbeidet for å få fleire lærarar og studentar på utvekslingsopphald i utlandet.
Kunsthøgskolane skal vere i front på sine fagområde. På grunn av samorganiseringa av dei tidlegare kunstfaglege høgskolane er det forventa eit breiare og styrkt kunstfagleg miljø ved dei nye institusjonane. Departementet føreset dessutan at samorganiseringa skal gi effektiviseringsvinstar.
Det er forventa ei opptrapping av utviklingsarbeidet i samband med Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid. Departementet ser det som viktig at stipendiadar blir tilsett i stillingane så snart som mogleg.
Kunsthøgskolane må arbeide vidare med å definere kriterium for og synleggjere utviklingsarbeid og forsking i utøvande kunstfag. FoU-verksemda må styrkjast.
Departementet føreset at høgskolane held oppe nivået på den oppdragsverksemda som blir rekneskapsført over statsbudsjettet.
Følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar vil bli lagde til grunn for 2002 og 2003:
Måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar
Institusjon/avdeling | Måltal studentar | Måltal kandidatar | ||
---|---|---|---|---|
2002 | 2003 | 2002 | 2003 | |
Kunsthøgskolen i Oslo | ||||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 265 | 265 | 118 | 118 |
Avdeling Statens kunstakademi | 105 | 105 | 25 | 25 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 30 | 30 | 10 | 10 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 40 | 40 | 15 | 15 |
Avdeling Statens operahøgskole | 12 | 12 | 4 | 4 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 452 | 452 | 172 | 172 |
Kunsthøgskolen i Bergen | ||||
Avdeling for design | 95 | 95 | 36 | 36 |
Avdeling for spesialisert kunst | 100 | 100 | 38 | 38 |
Avdeling kunstakademiet | 60 | 60 | 15 | 15 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 255 | 255 | 89 | 89 |
Sum kunsthøgskolar | 707 | 707 | 261 | 261 |
Budsjettforslag for 2003
For å styrkje undervisninga ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 lagd inn 0,9 mill. kroner.
Budsjettramma til Kunsthøgskolen i Bergen er auka med 1,5 mill. kroner for å jamne ut skilnaden mellom dei to kunsthøgskolane.
Departementet har i samsvar med merknaden i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-2001) halde oppe opsjonen for byggjetrinn 2 for Kunsthøgskolen i Oslo. Det er sikra tomt som Kunsthøgskolen i Bergen kan samlokaliserast på.
I samband med at Seilduksfabrikken blir teke i bruk av Avdeling Statens teaterhøgskole, Avdeling Statens operahøgskole og Avdeling Statens balletthøgskole frå hausten 2003, er det foreslått ein auke på 13 mill. kroner til husleige. Midlane er lagde inn på kap. 281 post 01.
Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2001 og 2002 vart kap. 273 auka med 4 mill. kroner for å styrkje dei to kunsthøgskolane. Midlane er førte vidare i 2003.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Kunsthøgskolane i Oslo utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Post 01 Driftsutgifter
Fordeling av driftsmidlar og inntektsbeløp
(i 1 000 kroner | ||||
---|---|---|---|---|
Institusjon | Kap. 273 post 01 | Kap. 273 post 21 | Kap. 3273 post 01 | Kap. 3273 post 02 |
Kunsthøgskolen i Oslo | 122 608 | 709 | 725 | 3 099 |
Kunsthøgskolen i Bergen | 62 936 | 699 | 705 | 1 433 |
Sum | 185 544 | 1 407 | 1 430 | 4 532 |
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3273 postane 02, 06 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på posten skal dekkje driftsutgifter, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsmidlar til oppdragsforsking som blir finansiert av inntekter på kap. 3273 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden den eksterne finansieringskjelda dekkjer utgiftene til lønn.
Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten gjeld løyving til vitskapleg utstyr og til kjøp av utstyr og inventar til bygg, samt større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid. I 1999 vart det inngått ein avtale med ein privat utbyggjar om lokal til Kunsthøgskolen i Oslo i Seilduksfabrikken ved Akerselva. Førebels kostnadsramme for prosjektet er om lag 400 mill. kroner. Det vart i budsjettet for 2002 lagt inn 30 mill. kroner i utstyrsmidlar. Det er øyremerkt ytterlegare 30 mill. kroner i utstyrsmidlar til det nye bygget i budsjettet for 2003.
Kap. 3273 Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 485 | 1 430 | 1 430 |
02 | Salsinntekter o.a. | 4 230 | 4 362 | 4 532 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 331 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 592 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 30 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 848 | ||
Sum kap. 3273 | 7 516 | 5 792 | 5 962 |
På post 02 skal det, utanom salsinntekter frå sal av materiell til studentar m.m., førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig utleige av lokale. Også faste leigeinntekter kan førast på post 02.
Kap. 274 Statlege høgskolar (jf. kap. 3274)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 5 704 930 | 3 973 255 | 101 834 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 348 065 | 192 629 | 3 321 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 232 620 | 133 056 | 798 |
50 | Statstilskott | 1 805 542 | 6 467 690 | |
70 | Tilskott | 7 116 | 7 329 | 1 410 |
Sum kap. 274 | 6 292 731 | 6 111 811 | 6 575 053 |
I høve til statsbudsjettet for 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
I samband med overgang til nettobudsjettering for høgskolane i Akershus, Bergen, Buskerud, Finnmark, Gjøvik, Harstad, Hedmark, Lillehammer, Molde, Narvik, Nesna, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund, Sør-Trøndelag, Telemark, Tromsø, Vestfold, Volda, Østfold og Ålesund er utgiftsløyvingane samla på ny post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3274 på om lag 326 mill. kroner er trekte ut for desse institusjonane, og utgiftsløyvingane er reduserte tilsvarande.
Budsjettramma er oppjustert med om lag 452,6 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Budsjettramma er nedjustert med 66,3 mill. kroner i samband med at midlar til fellestiltak ved dei statlege høgskolane er foreslått løyvd over kap. 281 post 01.
Budsjettramma er nedjustert med om lag 7 mill. kroner i samband med at midlar til utstyr til dei statlege høgskolane er foreslått løyvd over kap. 281 post 45.
Budsjettramma er nedjustert med om lag 3 mill. kroner i samband med at midlar til studiar i vernepleie ved Høgskolen i Rogaland er overførte til kap. 282 post 70.
Budsjettramma er nedjustert med 3,3 mill. kroner i samband med at tilskott til Det norske studiesenteret i Storbritannia er overførte til Universitetet i Bergen, sjå omtale under kap. 261 post 50 og kap. 270 post 71.
6,2 mill. kroner er overførte frå kap. 274 post 70 til Høgskolen i Akershus kap. 274 post 50, jf. omtale under post 70.
Tilskottspostane 50 og 70 blir gitt eigne omtalar nedanfor.
Kapitlet omfattar:
drift av 26 statlege høgskolar
tilskott til Ole Bull Akademiet på Voss
Resultatrapport for 2001-02
Dei 26 statlege høgskolane representerer variasjon i storleik og fagleg profil. Dei største høgskolane har ein brei fagportefølje, medan dei mindre høgskolane har eit smalare utval av studietilbod. Utdanningstilboda ved høgskolane er retta mot ulike fleirårige yrkesretta utdanningar, fagstudium med ei lengd på eit halvt til halvanna år, og ei rekkje vidareutdanningstilbod. Nokre høgskolar har hovudfags- eller mastergradstilbod innanfor særskilde fagfelt, og enkelte har sivilingeniør- eller siviløkonomutdanning. Høgskolane i Agder, Bodø, Molde og Stavanger har rett til å tildele doktorgrad på særskilde fagområde. Den ulike kompetanseprofilen ved høgskolane fører òg med seg at FoU-innsatsen ved dei statlege høgskolane er variert.
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over registrerte studentar, kandidatar og årseksamenar ved dei einskilde institusjonane i 2001. Hausten 2001 var det registrert totalt 76 089 studentar ved dei statlege høgskolane. Dette er ein auke på 774 studentar frå året før. Vidare var det i 2001 registerert 16 138 kandidatar og til saman 8 096 årseksamenar innanfor dei ulike studia/faga ved høgskolane. Samanlikna med 2000 er kandidatproduksjonen noko redusert, medan talet på årseksamenar ligg på om lag same nivå.
Oversikt over student- og kandidattal/årseksamenar
Høgskole | Registrerte studentar 20011) | Registrerte kandidattal 2001 | Tal på årseksamenar 2001 |
---|---|---|---|
Sámi allaskuvla/ Samisk høgskole | 132 | 22 | 56 |
Agder | 6 400 | 1 261 | 780 |
Akershus | 2 087 | 538 | 445 |
Bergen | 4 635 | 1 069 | 209 |
Bodø | 3 817 | 765 | 389 |
Buskerud | 2 034 | 385 | 357 |
Finnmark | 1 991 | 332 | 237 |
Gjøvik | 1 244 | 266 | 75 |
Harstad | 1 039 | 163 | 128 |
Hedmark | 3 564 | 848 | 339 |
Lillehammer | 1 883 | 318 | 480 |
Molde | 1 394 | 352 | 144 |
Narvik | 979 | 197 | 38 |
Nesna | 992 | 183 | 123 |
Nord-Trøndelag | 2 800 | 522 | 333 |
Oslo | 8 360 | 2 051 | 569 |
Sogn og Fjordane | 2 386 | 444 | 350 |
Stavanger | 6 140 | 1 192 | 635 |
Stord/Haugesund | 1 972 | 462 | 67 |
Sør-Trøndelag | 5 594 | 1 337 | 289 |
Telemark | 3 809 | 859 | 618 |
Tromsø | 2 355 | 486 | 132 |
Vestfold | 2 696 | 575 | 327 |
Volda | 1 974 | 437 | 564 |
Østfold | 3 662 | 818 | 328 |
Ålesund | 1 117 | 256 | 84 |
Delsum | 75 056 | 16 138 | 8 096 |
Anna2) | 1 033 | 307 | |
Sum | 76 089 | 8 403 |
1)Tala representerer statleg finansierte heiltidsekvivalentar. I tillegg hadde dei statlege høgskolane 6 043 heiltidsekvivalentar som er 100 pst. eksternt finansierte, samt 342 personar utan studierett.
2)Omfattar kandidatar på program som ikkje er på høgskolenivå, til dømes kandidatar på forkurs for ingeniørutdanning.
Kilde: DBH
Samla vart det i 2001 teke opp 36 826 studentar til dei ulike tilboda ved høgskolane. I 2000 var det tilsvarande talet 36 117 studentar. Opptaket til dei særskilde prioriterte utdanningane er gjennomgåande høgare enn måltalet. Det er ein viss nedgang i rekrutteringa til vernepleiarutdanninga samanlikna med opptaket i 2000. Det er òg svikt i rekrutteringa til faglærarutdanningane, men opptaket til førskolelærarutdanninga og allmennlærarutdanninga viser ein positiv tendens. Nedgangen i opptaket til ingeniørutdanningane held fram i 2001. Det same gjeld òg for rekrutteringa til maritim utdanning. Søkjerdata viser at dei tendensane som er nemnd over ser ut vil å vare ved. Tabellen nedanfor gir ein oversikt over kandidat- og opptakstal for dei ulike utdanningane.
Oversikt over kandidat- og opptakstal fordelte på kategoriar for utdanning1)
Kategoriar for utdanning | Registrert opptakstal 20012) | Registrert kandidattal 200111) |
---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 3 913 | 2 912 |
Fysioterapiutdanning | 328 | 253 |
Ergoterapiutdanning | 253 | 163 |
Bioingeniørutdanning | 252 | 191 |
Radiografutdanning 8) | 216 | 111 |
Reseptarutdanning | 91 | 46 |
Audiografutdanning | 24 | 17 |
Vernepleiarutdanning | 730 | 495 |
Sosionomutdanning | 868 | 582 |
Ortopediingeniørutdanning3) | 12 | |
Døvetolkutdanning | 30 | 13 |
Tannpleiarutdanning | 17 | 10 |
Tannteknikarutdanning4) | ||
Barnevernspedagogutdanning | 801 | 571 |
Allmennlærarutdanning | 3 093 | 1 847 |
Førskolelærarutdanning | 1 514 | 1 991 |
Faglærarutdanning | 472 | 203 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 789 | 817 |
Bibliotekarutdanning | 14910) | 97 |
Journalist-/fotoutdanning | 2559) | 183 |
Ingeniørutdanning | 3 001 | 1 928 |
Maritim utdanning | 111 | 81 |
Sivilingeniørutdanning | 457 | 234 |
Siviløkonomutdanning | 280 | 287 |
Høgskolekandidatutdanning5) | 5 597 | 2 940 |
Hovudfag | 467 | 166 |
Examen philosophicum | 1 074 | |
Årseining/grunnfag/halvårseining/mellomfagstillegg/vidareutdanning6) | 12 032 | 8 096 |
Anna7) | 792 | 307 |
1)I tillegg er det registrert studentar ved enkelte av dei nemnde utdanningskategoriane på private høgskolar, universitet og vitskaplege høgskolar.
2)Tal for opptak er i tal på heiltidsekvivalentar og ikkje i tal på personar.
3)For ortopediingeniørutdanninga er det berre opptak kvart tredje år.
4)Høgskolen i Oslo har ikkje opptak i tannteknikarutdanninga i 2001.
5)Høgskolekandidatutdanning er to- og treårige utdanningar som gir rett til tittelen høgskolekandidat. Denne kategorien omfattar også fleirårige grunnutdanningar som ikkje gir denne retten, og som elles ikkje er spesifiserte som yrkesutdanningar eller tilhører kategorien vidareutdanning.
6)Kandidattal for kategorien årseining/grunnfag m.m. er rekna om til årseksamen (tal på 60-studiepoengseiningar).
7)Kategorien «anna» omfattar kandidatar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning, etc.
8)Talet inkluderer opptak av 20 heiltidsekvivalentar i eit prøveprosjekt med radiografutdanning på Gjøvik.
9)Talet inkluderer opptak av tolv studentar på fotojournalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Samisk høgskole har ikkje opptak av studentar til journalistutdanninga i 2001.
10)Talet omfattar nye studentar på det 2-årige påbyggingsstudiet på grunnfaget.
11)Tala for kandidatar omfattar eigenfinansierte kandidatar.
Kilde: DBH.
Undervisning
Kvalitetsreforma har ført til at statlege høgskolar har fått mynde til å etablere og leggje ned studietilbod opp til tre års lengd på lågare grads nivå. Dei fleste institusjonane har alt frå hausten 2002 etablert nye bachelorgradar. Departementet vil framleis godkjenne etablering av nye doktor- og mastergradar ved høgskolane. Høgskolar som har rett til å tildele doktorgrad, kan sjølv opprette masterstudium på desse områda. Søknadene blir først fagleg vurderte av ein sakkunnig komite som er oppnemnd av sekretariatet for Noregsnettrådet. Frå januar 2003 vil Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) få ansvar for å godkjenne nye masterstudium og doktorgradar.
Dei aller fleste statlege høgskolane har utarbeidd handlingsplanar for funksjonshemma studentar som institusjonane no følgjer opp.
På bakgrunn av Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 262 (2001-2002) og St.meld. nr. 16 (2001-2002) Om ny lærerutdanning har departementet tildelt midlar til utdanningsinstitusjonane sitt arbeid for å knyte fagpersonalet nærare praksisfeltet og for å starte arbeidet med å etablere ei ny eining på ti studiepoeng i den første lese-, skrive- og matematikkopplæringa.
Arbeidet med å utvikle nye rammeplanar for lærarutdanningane er organisert av sekretariatet for Noregsnettrådet. Siktemålet er å ta i bruk dei nye rammeplanane frå hausten 2003.
Departementet vil arbeide vidare med ei ordning for rettleiing av nyutdanna lærarar. Det er frivillig for kommunane å ta del i ordninga. Departementet føreset at institusjonane med lærarutdanning samarbeider med barnehage- og skoleeigarar.
Som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 12 (1999-2000) og yrke skal båten bera... Handlingsplan for rekruttering til læraryrket har departementet sett av 30 mill. kroner årleg til ei fireårig satsing på IKT i lærarutdanninga. Satsinga blir ført vidare i 2003, sjå omtale under kap. 281.
Departementet tildelte i 2002 midlar til Høgskolen i Oslo slik at høgskolen kunne halde fram med drifta av senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen. Senteret er evaluert for å vurdere om det skal halde fram ut over prosjektperioden.
Frå hausten 2003 tek departementet sikte på at det også for helse- og sosialfagutdanningane skal gjerast ei særskild vurdering av om studentane er skikka for utøving av yrket etter same mal som for lærarutdanningane.
Sjukehusreforma legg til grunn eit tett og forpliktande samarbeid mellom dei regionale helseforetaka og høgskolane, mellom anna om praksisundervisninga. Det vil bli arbeidd med å etablere samarbeidsorgan og rammeavtalar mellom dei regionale helseforetaka og høgskolane.
For tannpleiarutdanninga er det av fagmiljøet sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere modell og innhald i utdanninga.
Som oppfølging av Kvalitetsreforma vil departementet i samarbeid med sektoren gå gjennom rammeplanane for helsefagutdanningene for å redusere omfanget og gjere dei mindre detaljerte. Det vil òg bli vurdert om rammeplanar bør avviklast. Rammeplanane for økonomisk-administrative fag og maritim høgskoleutdanning vil bli avvikla.
Det har i fleire år vore problem med å rekruttere studentar til ingeniørutdanninga. Høgskolane held fram med aktiv rekruttering i samarbeid med arbeids- og næringslivet, og ei rekkje høgskolar tilbyr eigne forkurs for søkjarar som ikkje har god nok realfagleg bakgrunn for opptak. I perioden 2000-02 har departementet tildelt 4,5 mill. kroner til Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE). Senteret har mellom anna sett i verk tiltak for å betre søkninga til ingeniørutdanninga. Vidareføring av RENATE vil bli vurdert i samband med ein større offensiv for realfag. I 2001 løyvde Stortinget 8 mill. kroner til særskilde rekrutteringstiltak i ingeniørutdanninga. Satsinga vart ført vidare i 2002. Midlane er fordelte til ti nye forkursklassar i tillegg til andre særskilde tiltak.
Søkjartal for studieåret 2002-03 viser at det framleis er vanskeleg å rekruttere studentar til maritim høgskoleutdanning, spesielt innanfor maritim drift. Ei årsak til dette er at høgskolane tilbyr dei same sertifikatutdanningane som teknisk fagskole, og at den samla kapasiteten er for stor i høve til studentsøkinga. I Innst. S. nr. 177 (2000-2001), jf. St.meld. nr. 20 Om korte yrkesrettede utdanninger etter videregående opplæring, vart det slått fast at det skal vere ein rekrutteringsveg frå fagbrev til sertifikatutdanning i teknisk fagskole. Departementet vart bede om å greie ut ei klarare arbeidsdeling mellom høgskolane og teknisk fagskole, med sikte på å sikre og utvikle ei norsk maritim utdanning på topp internasjonalt nivå. Ei breitt samansett arbeidsgruppe tilrådde ikkje funksjonsdeling mellom høgskole og teknisk fagskole, men meinte at det må vere mogleg å ta sertifikatutdanning på begge nivå, m.a. for å halde oppe to alternative rekrutteringsvegar, gjennom både yrkesfag og fagbrev og gjennom allmennfag og generell studiekompetanse. Høgskolane sjølve meiner dessutan at det er vanskeleg å halde vedlike og utvikle nasjonale kompetansemiljø i maritime fag utan ansvar for sertifikatutdanninga.
For å kunne halde oppe eit studietilbod i maritime fag må høgskolane utvikle reelle faglege alternativ til fagskolane, sjølv om dei held på sertifikatutdanningane. Dei må i større grad samarbeide om å utvikle ulike spesialiseringar og studium på masternivå, og dei må etablere samarbeid med den maritime næringa for å auke søkninga til og gjennomføringa av studia. Departementet har oppfordra høgskolane til å lage ein tiltaksplan for dei maritime utdanningane som forpliktar både lærestadene og samarbeidspartnarane.
Studiegjennomføring
Innføring av nytt finansieringssystem for høgskolar og universitet i 2002 inneber ei dreiing frå vektlegging av innsatsfaktorar over mot resultat. Vekttal som vart produserte i 2001, vil få budsjetteffekt i 2003, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) for ei nærare omtale av finansieringssystemet.
Studiegjennomføringa ved dei statlege høgskolane varierer frå institusjon til institusjon og mellom ulike fagområde. For omtale av gjennomsnittlege tal på studiepoeng per student, sjå kategoriomtalen.
Fleksible studietilbod
I 2001 er det fordelt 30 mill. kroner til dei statlege høgskolane for å dekkje meirkostnadene ved fjernundervisning og desentraliserte studietilbod. Satsinga på fleksible tilbod har sidan 1999 ført til auke i talet på tilbod og talet på studentar som søkjer seg til slike tilbod, frå 3 261 heiltidsekvivalentar i 1999 til 5 110 heiltidsekvivalentar i 2001. Fleksible studietilbod er eit viktig supplement til den ordinære drifta ved høgskolane. Desentralisering av studietilbod er eit verkemiddel for å gi studentar som ikkje kan nytte seg av det ordinære studietilbodet, tilgang til høgre utdanning. Erfaringane har vist at etablering av fjernundervisning og desentraliserte studietilbod medverkar til å betre rekrutteringa til prioriterte utdanningar som i lengre tid har hatt låg søking ved ordinær studiestad eller som ordinært studietilbod.
FoU-verksemd
Dei statlege høgskolane har ei særskilt oppgåve når det gjeld kompetanseutvikling og nyskapande verksemd i regionane. På enkelte område har høgskolane i tillegg eit nasjonalt ansvar for å utvikle spesialkompetanse av høg standard, til dømes knytt til yrkesutdanningar eller område der dei kan tildele doktorgrad.
Det er store variasjonar i omfanget av FoU-verksemda mellom høgskolane og mellom dei ulike fagområda. Omfanget av FoU-verksemda er størst ved dei økonomisk-administrative faga og samfunnsfaga, medan omfanget er mindre innanfor ingeniørfaga. Dette har mellom anna samanheng med forskjellar mellom høgskolane når det gjeld kompetansenivået til dei fagleg tilsette og høgskolane sine forskingsstrategiar.
Innføring av eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar inneber eit delvis skilje mellom forskings- og undervisningsløyving. Forskingsløyvinga er delt i ein insentivbasert og ein strategisk del. Storleiken på løyvingane til strategisk forsking heng saman med gjennomføringa av planen for å auke forskingsløyvingane til OECD-gjennomsnittet, jf. omtale av finansieringssystemet under programkategori 07.60. Ein del av løyvingane til strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid til dei statlege høgskolane er lagte til eit strategisk høgskoleprogram under Noregs forskingsråd som har fått tildelt 15 mill. kroner til formålet i 2002. Programmet vil ta omsyn til den faglege situasjonen i institusjonane, og skal gi statlege høgskolar høve til å byggje opp FoU-verksemd av god kvalitet.
I den strategiske forskingsløyvinga inngår òg finansieringa av rekrutteringsstillingar. For 2002 vart løyvinga til rekrutteringsstillingar auka med 175 mill. kroner til universitet og høgskolar. Av denne satsinga vart dei statlege høgskolane tildelte midlar til 42 nye stipendiatstillingar.
Eksternt finansiert verksemd
Statsrekneskapen for 2001 viser at 5,9 pst. av dei totale driftsutgiftene ved høgskolane er knytte til eksternt finansiert verksemd. Prosentdelen er auka samanlikna med nivået på verksemda i 2000.
For høgskolane under dette kapitlet var det hausten 2001 registrert i alt 6 238 eksternt finansierte kursstudentar, rekna om til heiltidsekvivalentar. Desse kursstudentane er ikkje inkluderte i tabellen med oversikt over student- og kandidattal/årseksamen ved dei statlege høgskolane. Talet er auka med om lag 1 000 heiltidsekvivalentar frå året før.
Internasjonalisering
Alle dei statlege høgskolane er i ulik men aukande grad med i internasjonalt utdanningssamarbeid. Dei aller fleste er aktive når det gjeld studentutveksling, sjølv om aktiviteten i det store og heile framleis er låg. Høgskolane sender også ut langt fleire studentar på delstudium i utlandet enn dei tek imot på utvekslingsopphald ved eigen institusjon. Av denne grunnen er det viktig å arbeide for å få fleire utanlandske studentar på delstudium i Noreg. Det har vore ein auke i lærarutvekslinga i 2001. Høgskolane må arbeide for at denne utviklinga held fram.
Bygg og lokale
Forslag til løyvingar til bygg for statlege høgskolar blir ført på kap. 2445 Statsbygg over budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Det vises til omtale under kap. 281 om at departementet har sett i gang eit arbeid med å skaffe oversikt over og evaluere investeringsbehovet i universitets- og høgskolesektoren.
I 2002 er det sett i gang byggjeverksemd for Høgskolen i Bodø for å flytte Avdeling for lærarutdanning til høgskoleanlegget på Mørkved.
Frå hausten 2002 blir to nybygg tekne i bruk. Det gjeld eit nybygg for Høgskolen i Nord-Trøndelag som er reist i samarbeid med Trøndelag kompetansesenter i Levanger, og eit tilbygg på Hamar til Avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Hedmark.
Nybygg for Høgskolen i Molde vil stå ferdig hausten 2002.
Idrettsanlegg for Høgskolen i Telemark i Bø vil stå ferdig hausten 2003.
Nybygg for filmutdanninga ved Høgskolen i Lillehammer vil stå ferdig sommaren 2003.
Nybygg for Høgskolen Stord/Haugesund på Rommetveit er planlagt ferdig våren 2004.
Statsbygg har ført vidare detaljprosjekteringa av nybygg og ombygging ved Høgskolen i Østfold. Arbeidet med detaljprosjektet skal vere ferdig i desember 2002. Av omsyn til det samla budsjettopplegget finn Regjeringa ikkje å kunne foreslå startløyving i 2003.
Spørsmålet om lokalisering av Høgskolen i Akershus er omtala under budsjettforslaget for 2003.
Grunnlag for resultatbasert tildeling i nytt finansieringssystem i 2003
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Det vart mellom anna lagt vekt på meir resultatbasert finansiering, og modellen skil mellom basisfinansiering, undervisningsfinansiering og forskingsfinansiering, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002). I undervisningsfinansieringa i ny finansieringsmodell vil institusjonane sin produksjon av 60-studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar vere dei variablane som gir utslag i den resultatbaserte finansieringa. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for statlege høgskolar:
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Høgskole | Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktiske tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstuentar 2001 |
---|---|---|---|---|
Samisk | 93 | 104 | 0 | 6 |
Agder | 4 604 | 4 878 | 283 | 214 |
Akershus | 1 697 | 1 701 | 5 | 10 |
Bergen | 3 657 | 3 694 | 100 | 79 |
Bodø | 2 546 | 2 700 | 86 | 94 |
Buskerud | 1 568 | 1 554 | 21 | 3 |
Finnmark | 1 116 | 1 114 | 50 | 43 |
Gjøvik | 1 050 | 1 019 | 6 | 2 |
Harstad | 729 | 784 | 23 | 27 |
Hedmark | 2 908 | 2 568 | 55 | 39 |
Lillehammer | 1 455 | 1 494 | 25 | 38 |
Molde | 1 032 | 1 061 | 50 | 35 |
Narvik | 620 | 653 | 74 | 101 |
Nesna | 652 | 742 | 18 | 8 |
Nord-Trøndelag | 2 197 | 2 154 | 22 | 0 |
Oslo | 6 762 | 6 387 | 286 | 331 |
Sogn og Fjordane | 1 923 | 1 917 | 17 | 17 |
Stavanger | 4 488 | 4 307 | 90 | 65 |
Stord/Haugesund | 1 600 | 1 423 | 28 | 9 |
Sør-Trøndelag | 4 841 | 4 818 | 89 | 98 |
Telemark | 3 506 | 3 064 | 77 | 85 |
Tromsø | 1 883 | 1 935 | 59 | 68 |
Vestfold | 2 070 | 2 074 | 70 | 43 |
Volda | 1 726 | 1 832 | 138 | 113 |
Østfold | 2 600 | 2 776 | 127 | 128 |
Ålesund | 929 | 967 | 36 | 31 |
Sum | 58 252 | 57 720 | 1 835 | 1 687 |
Resultatmål for 2003
Dei statlege høgskolane har eit særskilt ansvar for yrkesretta utdanningar. Høgskolane har òg eit nasjonalt ansvar for å gi studietilbod og å halde ved lag og utvikle kompetanseprofilen i særskilde fag. Vidare skal høgskolane drive forsking, utviklingsarbeid og anna fagleg verksemd som er særleg relevant for regionen dei hører til.
dei statlege høgskolane skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma.
dei statlege høgskolane må utnytte den studiekapasiteten dei har løyving for.
dei statlege høgskolane med lærarutdanning må arbeide for å auke talet på lærarar og lærarstudentar som utdannar seg i sentrale skolefag, særleg realfag, språkfag og enkelte yrkesfag, samt leggje til rette for å rekruttere fleire studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn til lærarutdanningane.
dei statlege høgskolane med lærarutdanning må styrkje arbeidet for å få eit aktivt samarbeid med statens utdanningskontor, kompetansesentra for spesialundervisning og skole-/barnehageeigarar om opplegg for FoU-arbeid og etter- og vidareutdanning av lærarar, skoleleiarar og PP-teneste, jf. kap. 243, 226 og 202. Det er nødvendig å leggje til rette for både ei langsiktig og fleksibel organisering av samarbeidet med sikte på å utvikle eit praksisnært tilbod av høg kvalitet i høve til behov for kompetanse i skolen og barnehagen.
profesjonsutdanningane ved dei statlege høgskolane må styrkje tilknytinga si til yrkesfeltet gjennom meir praksisretta FoU, jf. drøftingane i stortingsmeldingane nr. 16 og nr. 35 (2001-2002).
dei statlege høgskolane må framleis leggje vekt på å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
dei statlege høgskolane må utvikle eigne FoU-strategiar og styrkje FoU-verksemda. Departementet føreset at høgskolane tek på seg oppgåver innanfor både kompetanseutvikling og forskings- og utviklingsverksemd for å styrkje regionane. Det er derfor viktig at FoU-strategiane ved høgskolane blir utvikla i samarbeid med det lokale nærings- og samfunnslivet, mellom fagmiljøa ved høgskolane og med andre lærestader i Noreg og i utlandet.
dei statlege høgskolane skal leggje vekt på tiltak for å sikre rekrutteringa av vitskapleg personale. Dette gjeld særleg rekrutteringa av kvinner. Høgskolane skal òg leggje til rette for at dei fagleg tilsette kan utvikle kvalifikasjonane sine vidare gjennom forsking og anna utviklingsarbeid.
dei statlege høgskolane skal leggje til rette for at høgskolelærarar kan gjennomføre mastergradstilbod på sentrale område som kan ivareta det praktiske aspektet ved yrkesutdanningane. Høgskolane bør òg utvikle førstelektorprogram, i eige regi eller i samarbeid mellom fleire, for å auke talet på førstelektorar blant det faglege personalet.
dei statlege høgskolane må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Det er nødvendig med fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet.
Budsjettforslag for 2003
Departementet foreslår at 21 høgskolar går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2003, jf. forslaget til vedtak IV nr. 4 og 5.
15 mill. kroner vart løyvde til eit nytt forskingsprogram for statlege høgskolar i regi av Noregs forskingsråd i 2002. Desse midlane er førte vidare og foreslått auka ytterlegare med 15 mill. kroner til totalt 30 mill. kroner i 2003. I budsjettet for 2002 vart tildelinga frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Noregs forskingsråd sitt MOBI-program på 2 mill. kroner. Midlane er førte vidare og foreslått auka med 1,5 mill. kroner til totalt 3,5 mill. kroner i 2003. Forskingsprogrammet KUPP vart tildelt 5 mill. kroner i 2002. Departementet foreslår å føre denne satsinga vidare i 2003.
Departementet foreslår at høgskolane blir tildelte midlar til 40 nye doktorstipendiatstillingar i 2003. Midlane er lagte inn i budsjettramma til høgskolane med verknad frå hausten 2003.
For å styrkje undervisninga ved dei statlege høgskolane i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 183,9 mill. kroner. Av desse er 82,8 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
I samband med at det i dei seinare åra har vore ei markant svikt i talet på søkjarar innanfor dei klassiske ingeniørutdanningane gav Stortinget ei løyving på 8 mill. kroner til ekstraordinære rekrutteringstiltak i 2001. Departementet fører denne satsinga vidare i 2003.
Regjeringa foreslår ein reduksjon i budsjettramma for universitetet og høgskolar på 11,8 mill. kroner knytte til en reduksjon i studieplassar. Denne reduksjonen er fordelt med 5,9 mill. kroner til universiteta og 5,9 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Utover dette er det fordelt omdisponeringar av kapasitet mellom utdanningar og dei statlege høgskolane. Departementet legg opp til å auke opptaket til prioriterte grunnutdanningar. Dette gjeld 43 plassar i lærarutdanning, 23 plassar i ingeniørutdanning, 18 plassar i audiografutdanning og 15 plassar i vernepleiarutdanning. Auken i opptaket til lærarutdanninga gjeld mellom anna fleirkulturell lærarutdanning ved Høgskolen i Oslo.
I budsjettet for 2002 vart talet på studieplassar redusert. Det er lagd inn heilårsverknad i budsjettet for 2003.
Dei statlege høgskolane får ein reduksjon i budsjettramma på 18 mill. kroner i samsvar med at talet på 60-studiepoengseiningar er redusert med 532 i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar reduserte med 148 i høve til 2000, sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høgskole | Utteljing A | Utteljing B | Utteljing C | Utteljing D | Utteljing E | Utteljing F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
Samisk | 0 | 0 | 0 | 0 | -1 190 639 | 1 227 131 | 30 000 | 66 492 |
Agder | 0 | -1 710 000 | 2 478 000 | -396 900 | 7 110 012 | 464 750 | -345 000 | 7 600 862 |
Akershus | 0 | -1 224 000 | 0 | -945 000 | 3 159 450 | -1 401 360 | 25 000 | -385 910 |
Bergen | 0 | 0 | 0 | 574 740 | 1 364 790 | -570 792 | -105 000 | 1 263 738 |
Bodø | 0 | 0 | 616 800 | 338 400 | -332 567 | 3 426 872 | 40 000 | 4 089 506 |
Buskerud | 0 | 0 | 0 | -19 800 | 22 222 | -339 023 | -90 000 | -426 600 |
Finnmark | 0 | 0 | -92 400 | 165 600 | 1 529 622 | -1 340 654 | -35 000 | 227 168 |
Gjøvik | 0 | 0 | 0 | 45 000 | -543 683 | -336 409 | -20 000 | -855 092 |
Harstad | 0 | 0 | 0 | 0 | -350 534 | 1 588 672 | 20 000 | 1 258 138 |
Hedmark | 0 | 0 | 0 | 0 | -11 603 542 | 1 118 792 | -80 000 | -10 564 750 |
Lillehammer | -5 376 000 | 0 | 0 | -864 000 | 1 961 040 | 1 282 008 | 65 000 | -2 931 952 |
Molde | 0 | 0 | 0 | 158 400 | 2 524 530 | -1 437 264 | -75 000 | 1 170 666 |
Narvik | 0 | 0 | 600 480 | 0 | 831 676 | -159 161 | 135 000 | 1 407 994 |
Nesna | 0 | 0 | 0 | 0 | 9 962 967 | -5 803 414 | -50 000 | 4 109 553 |
Nord-Trøndelag | 0 | 0 | 307 200 | 37 800 | -3 055 527 | 1 216 329 | -110 000 | -1 604 197 |
Oslo | 0 | -1 080 000 | 312 000 | 4 356 000 | -11 341 502 | -2 626 801 | 225 000 | -10 155 303 |
Sogn og Fjordane | 0 | 0 | 0 | 558 000 | -562 859 | -57 007 | 0 | -61 866 |
Stavanger | 0 | -1 368 000 | 820 800 | 998 100 | -5 597 978 | -482 944 | -125 000 | -5 755 021 |
Stord/ Haugesund | 0 | 0 | 0 | 0 | -3 773 082 | -1 243 716 | -95 000 | -5 111 798 |
Sør-Trøndelag | 0 | 0 | 0 | 1 436 400 | 4 168 053 | -4 831 322 | 45 000 | 818 131 |
Telemark | 0 | 0 | -844 800 | -624 600 | -7 124 625 | -4 077 413 | 40 000 | -12 631 438 |
Tromsø | 0 | 810 000 | 28 800 | -525 600 | 2 378 386 | -573 529 | 45 000 | 2 163 057 |
Vestfold | 0 | 0 | 0 | 0 | -1 576 045 | 1 364 737 | -135 000 | -346 308 |
Volda | 0 | -266 400 | 0 | -522 000 | -34 620 | 3 015 398 | -125 000 | 2 067 378 |
Østfold | 1 248 000 | 0 | 103 200 | -225 000 | 3 279 409 | 1 397 738 | 5 000 | 5 808 347 |
Ålesund | 0 | 0 | 0 | -261 000 | -1 482 607 | 2 263 081 | -25 000 | 494 474 |
Sum | -4 128 000 | -4 838 400 | 4 330 080 | 4 284 540 | -10 277 650 | -6 951 300 | -740 000 | -18 284 730 |
På kap. 274 post 01 er det sett av 30 mill. kroner til å dekkje meirkostnader ved desentraliserte studietilbod. Midlar til å dekkje meirkostnader ved desentralisert sjukepleiarutdanning på budsjettkap. 705 er frå 2003 foreslått lagde inn i løyvinga til fylkesmannsembeta. For nærare omtale, sjå tekst under rekrutteringsplanen for helse- og sosialpersonell i budsjettforslaget til Helsedepartementet.
Det er inngått ein kontrakt med ENTRA Eigendom AS om leige av Telenorbygget på Kjeller. På bakgrunn av ein kostnadsramme på 371 mill. kroner er Høgskolen i Akershus foreslått tildelt 27,9 mill. kroner til utstyr. Vidare er Høgskolen i Akershus tildelt 7,3 mill. kroner til leige av lokala. Bygget er planlagt å stå ferdig sommaren 2003.
Fordeling av utgifts- og inntektsløyving
(i 1 000 kroner) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Høgskole | Kap. 274 post 01 | Kap. 274 post 21 | Kap. 274 post 45 | Kap. 3274 post 01 | Kap. 3274 post 02 |
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 28 014 | 3 321 | 798 | 3 366 | 715 |
Statlege høgskolar til seinare tildeling | 73 820 |
Fordeling av utgifts- og inntektsløyving
(i 1 1000 kroner) | |
---|---|
Høgskole | Kap. 274 post 50 |
Agder | 552 539 |
Akershus | 211 880 |
Bergen | 390 701 |
Bodø | 288 834 |
Buskerud | 179 456 |
Finnmark | 161 213 |
Gjøvik | 125 579 |
Harstad | 91 066 |
Hedmark | 276 169 |
Lillehammer | 165 419 |
Molde | 109 530 |
Narvik | 132 607 |
Nesna | 82 604 |
Nord-Trøndelag | 252 555 |
Oslo | 720 274 |
Sogn og Fjordane | 193 668 |
Stavanger | 509 344 |
Stord/Haugesund | 176 481 |
Sør-Trøndelag | 458 095 |
Telemark | 363 012 |
Tromsø | 209 750 |
Vestfold | 231 649 |
Volda | 174 750 |
Østfold | 296 768 |
Ålesund | 113 747 |
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi dei statlege høgskolane utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga til Samisk høgskole på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3274 postane 02 og 11, sjå forslag til vedtak II nr. 1.
Det er sett av midlar til tiltak på post 01 som vil bli fordelte seinare. Dette gjeld midlar til strategisk forsking, MOBI-programmet, KUPP, dekning av meirkostnader ved fleksible utdanningstilbod og vedlikehaldsavtale av simulatorar ved dei maritime høgskolane.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som vert finansiert under kap. 3274 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten gjeld løyving til vitskapleg utstyr, og til kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehald og ombyggingsarbeid.
Post 50 Statstilskott
I samband med overgang til nettobudsjettering for høgskolane i Akershus, Bergen, Buskerud, Finnmark, Gjøvik, Harstad, Hedmark, Lillehammer, Molde, Narvik, Nesna, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund, Sør-Trøndelag, Telemark, Tromsø, Vestfold, Volda, Østfold og Ålesund er utgiftsløyvingane samla på post 50. Løyvinga gjeld utgifter til drift, lønn, driftsutgifter til oppdragsforsking, vitskapleg utstyr, kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehald og ombyggingsarbeid.
Post 70 Tilskott
Ole Bull Akademiet på Voss vart grunnlagt i 1976. Stiftinga har sidan 1977 motteke årlege tilskott frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Tilskottet er nytta til kurs i norsk folkemusikk for studentar og tilsette ved høgskolar og universitet som gir musikkutdanning. I 2002 vart akademiet tildelt 1,4 mill. kroner. Regjeringa foreslår ei løyving til Ole Bull Akademiet på 1,4 mill. kroner i 2003.
Nytt bygg for Høgskolen i Akershus er dimensjonert med utgangspunkt i at den statsfinansierte verksemda ved Høgskolestiftinga på Kjeller blir overført til høgskolen. Partane tar sikte på at overføringa av verksemda skjer frå studieåret 2003-04. Tilskottet til Høgskolestiftinga på Kjeller over kap. 274 post 70 til toårig studium i IKT med eit påbyggingsår og vidareutdanning i miljøretta helsevern er derfor overført til Høgskolen i Akershus i 2003.
Kap. 3274 Statlege høgskolar (jf. kap. 274)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 355 240 | 198 425 | 3 366 |
02 | Salsinntekter o.a. | 238 979 | 127 028 | 715 |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | 73 056 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 5 819 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 26 172 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 1 149 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 84 189 | ||
Sum kap. 274 | 784 604 | 325 453 | 4 081 |
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 353 400 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 151 147 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 10 112 | ||
50 | Statstilskott | 339 471 | 414 007 | |
Sum kap. 278 | 514 659 | 339 471 | 414 007 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. denne tekniske endringa:
Budsjettramma er oppjustert med om lag 33,6 mill. i samband med overgangen til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Noregs landbrukshøgskole (NLH) har eit spesielt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning innanfor landbruksrelaterte emne og natur- og arealforvaltning.
Resultatrapport for 2001-02
Tabellen nedanfor syner opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001.
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Kandidatar |
---|---|---|---|
Profesjon/hovudfag | 544 | 2 127 | 2902) |
Mastergrad | 59 | 79 | 41 |
Doktorgrad | 34 | 247 | 36 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 34 | 55 | 253) |
Sum | 671 | 2 5081) | 3924) |
1)I tillegg vart det registrert 1 person utan studierett.
2)Av desse 197 cand.agric., 40 sivilingeniør og 53 cand.scient.
3)I 2001 vart det ikkje knytt måltal til uteksaminerte kandidatar i praktisk-pedagogisk utdanning.
4)I tillegg har NLH uteksaminert ti cand.mag.-kandidatar.
Kilde: DBH.
For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar. Noregs landbrukshøgskole oppfylte måltalet for registrerte studentar i 2001. Høgskolen oppfylte ikkje måltalet for uteksaminerte kandidatar, og ei årsak er svikt i opptak av nye studentar i tidlegare år.
Opptak av nye studentar har auka monaleg frå 2000 til 2001. Noregs landbrukshøgskole har nådd målet om å rekruttere fleire personar til doktorgradsprogramma, av desse er om lag halvparten kvinner.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Noregs landbrukshøgskole i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
1 635 | 1 621 | 102 | 101 |
NLH har prioritert dei tre områda mat, miljø og bioteknologi i sin FoU-strategi, med akvakultur og næringsutvikling som tverrgåande aktivitetar. I 2002 fekk eit forskingsmiljø ved NLH i samarbeid med Akvaforsk status som senter for framifrå forsking. NLH fekk tilslag på eit prosjekt innanfor funksjonelle genomforskinga (FUGE).
Tabellen nedanfor syner ein generell nedgang i vitskapleg publisering i perioden 1996-2001.
Vitskaplege publikasjonar i 1996-2001
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 275 | 249 | 289 | 279 | 187 | 218 |
Faglege bøker/lærebøker | 48 | 25 | 18 | 8 | 13 | 20 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | - | 75 | 56 | 50 | 45 | 33 |
Sum | - | 349 | 363 | 337 | 245 | 2711) |
1)I tillegg kjem 241 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er 123 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Landbrukshøgskolen har tradisjonelt vore langt framme når det gjeld internasjonalt samarbeid. Høgskolen er særs aktiv i internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna i EU sitt rammeprogram for forsking, og NOVA (Nordisk skogbruks-, veterinær- og landbruksuniversitet). NLH treng å auke studentmobiliteten, især med omsyn til rekruttering av utanlandske studentar på utvekslingsopphald. I tillegg må høgskolen leggje til rette for å auke utvekslinga av vitskapleg personale.
NLH og Matforsk gjekk i 2001 inn i ein strategisk allianse «Matalliansen» som sikrar auka samarbeid om både utdanning og forsking. I januar 2002 gjekk NLH og Noregs veterinærhøgskole (NVH) inn i ein strategisk allianse som omfatta kandidatutdanning, forskarutdanning, etter- og vidareutdanning og forsking. Ein allianse mellom NLH, NVH og Universitetet i Oslo på biologiske og medisinske disiplinar er under førebuing.
Noregs landbrukshøgskole har sett i gang eit omfattande omstillingsprogram for perioden 2001-04. Eit sentralt verkemiddel er å frigjere lønnsmidlar til strategiske satsingar. Omstillingsprogrammet held fram.
NLH har arbeidd mykje med å utvikle system for kvalitetssikring av studia i dei siste åra, og dette er no ein del av det interne rapporteringssystemet.
Arbeidet med å innføre ny gradsstruktur er godt i gang, og NLH tilbyr bachelorstudium innanfor økonomisk-administrative fag frå hausten 2002. Dei har òg utvikla fleire nye masterstudium på engelsk i dei siste åra.
Noregs landbrukshøgskole har ei monaleg eksternt finansiert verksemd. I 2001 var det rekneskapsført 149,2 mill. kroner.
Det er sett ned ei arbeidsgruppe som mellom anna skal vurdere framtidig organisering av NVH og NLH for å skape større fagmiljø og næringsutvikling. Det blir ein brei og open prosess, og arbeidsgruppa skal leggje fram endeleg rapport i mai 2003, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå Landbruksdepartementet. Sjå nærare omtale under kap. 279.
Resultatmål for 2003
Noregs landbrukshøgskole skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Høgskolen må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Høgskolen må gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga. Innanfor forsking skal høgskolen prioritere dei tre områda mat, miljø og bioteknologi, med akvakultur og næringsutvikling som tverrgåande aktivitetar. Noregs landbrukshøgskole må i tillegg halde fram med å utvikle samarbeid med andre aktørar, og omstillingsarbeidet ved høgskolen må halde fram.
Noregs landbrukshøgskole må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Høgskolen må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Høgskolen må utnytte den studiekapasiteten den har løyving for.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald og kjøp av eigedom.
For å styrkje undervisninga ved Noregs landbrukshøgskole i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 6,3 mill. kroner. Av desse er 3,5 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
Noregs landbrukshøgskole får ein reduksjon på 0,3 mill. kroner, i samsvar med at avlagde 60-studiepoengseiningar er redusert med 14 i høve til resultatkravet for 2001. Sjå tabellen nedanfor og elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 0 | 261 600 | 0 | -562 500 | 0 | -5000 | -305 900 |
Det er lagt inn budsjettmidlar til sju nye stipendiatstillingar ved Noregs landbrukshøgskole. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma med verknad frå hausten 2003.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Noregs landbrukshøgskole auka med 1,8 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Departementet foreslår ein ytterlegare auke på 4 mill. kroner, totalt 5,8 mill. kroner, som ein del av strategisk forskingsløyving, jf. kategoriomtalen. Desse løyvingane skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiane som gjeld ved høgskolen. Det er foreslått å løyve 16,2 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved Noregs landbrukshøgskole.
Noregs landbrukshøgskole kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved høgskolen til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs landbrukshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3278 Noregs landsbrukshøgskole (jf. kap. 278)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 149 236 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 28 420 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 5 248 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 158 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 5 494 | ||
49 | Sal av eigedom | 3 343 | ||
Sum kap. 3278 | 191 899 |
Noregs landbrukshøgskole vart frå 2002 nettobudsjettert.
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 3279)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 169 207 | 165 438 | 190 761 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 71 691 | 59 099 | 59 099 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 030 | 2 046 | 14 408 |
Sum kap. 279 | 242 928 | 226 583 | 264 268 |
I høve til 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
Post 01 er nedjustert med om lag 2,9 mill. kroner, sjå parallell nedjustering av inntektspostane 02 og 04 under kap. 3279.
Post 01 er oppjustert med om lag 14,5 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinnskott til Statens pensjonskasse.
Noregs veterinærhøgskole (NVH) har eit nasjonalt ansvar for utdanning av veterinærar og dyrepleiarar. Høgskolen har eit spesielt ansvar for grunnforsking og forskarutdanninga på veterinærområdet.
Resultatrapport for 2001-02
Tabellen nedanfor syner opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001
Studium | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|---|
Veterinærstudiet (cand.med.vet.) | 56 | 345 | 55 |
Dyrepleiarstudiet | 14 | 14 | 13 |
Doktorgrad1) | 17 | 72 | 12 |
Sum | 87 | 431 | 80 |
Veterinærstudentar i utlandet | 45 |
1)Inkluderer titlane dr.med.vet., dr.scient. og dr.philos.
Kilde: DBH.
For 2001 vart det sett måltal for registrerte studentar og kandidatar. Noregs veterinærhøgskole oppfylte med god margin måltal for registerte studentar. Når ein ser høgskolen under eitt, oppfylte den òg måltalet for uteksaminerte kandidatar.
Frå og med budsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Tabellen nedanfor syner resultatkravet og faktisk resultat i 2001 for Noregs veterinærhøgskole i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Sjå omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatkrav og faktiske resultat i 2001
Resultatkrav 60-studiepoengseiningar 2001 | Faktisk tal på 60-studiepoengseiningar 2001 | Tal på utvekslingsstudentar 2000 | Tal på utvekslingsstudentar 2001 |
---|---|---|---|
273 | 285 | 15 | 22 |
Den strategiske planen for Noregs veterinærhøgskole inneber liten grad av fagleg prioritering. Noregs forskingsråd sin evaluering av biologi, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002), understrekar at høgskolen må konsentrere seg om færre område. NVH har derfor valt å prioritere marin forsking/ fiskehelse og matvaretryggleik som si strategiske satsing.
Tabellen nedanfor syner ein generell nedgang i vitskapleg publisering i perioden 1996-2001.
Vitskaplege publikasjonar i 1996-2001
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 249 | 184 | 182 | 177 | 192 | 155 |
Faglege bøker | 3 | 7 | 10 | 5 | 11 | 8 |
Kapittel i faglege bøker og lærebøker | 44 | 21 | 19 | 12 | 20 | 9 |
Sum | 2961) | 2122) | 2113) | 1944) | 2235) | 1726) |
1)I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 121 vitskaplege publikasjonar.
2)I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 100 vitskaplege publikasjonar.
3)I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 67 vitskaplege publikasjonar.
4)I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 35 vitskaplege publikasjonar.
5)I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 82 vitskaplege publikasjonar.
6)I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 46 vitskaplege publikasjonar.
NVH har hatt lite internasjonal utveksling av studentar, og må leggje til rette for at talet på inn- og utreisande studentar kan auke i høve til noverande nivå. Gjennom NOVA (Nordisk skogbruks-, veterinær- og landbruksuniversitet) har dei samordna dei nordiske studieopplegga for å stimulere til nordisk utveksling i eit semester med fordyping. Høgskolen må òg arbeide aktivt for å auke utvekslinga av vitskapleg personale.
I januar 2002 gjekk NLH og NVH inn i ein strategisk allianse som omfattar kandidatutdanning, forskarutdanning, etter- og vidareutdanning og forsking. Ein allianse mellom Noregs landbrukshøgskole, Noregs veterinærhøgskole og Universitetet i Oslo på biologiske og medisinske disiplinar er under arbeid. NVH har òg inngått ein strategisk allianse med veterinærinstituttet.
NVH har hatt lite verksemd på etter- og vidareutdanning tidlegare. Høgskolen har vedteke å auke engasjementet sitt på dette feltet.
Høgskolen har sett i gang ei systematisert studentevaluering av undervisninga på alle trinn. Resultata har ført til endringar frå hausten 2002 når det gjeld både undervisningsformer og eksamens- og evalueringsformer. Høgskolen har òg gjort investeringar for å ta i bruk IKT i undervisninga.
Noregs veterinærhøgskole har ei monaleg eksternt finansiert verksemd. I 2001 var det rekneskapsført 71,8 mill. kroner. Når ein samanliknar høgskolen med andre institusjonar, er dette talet høgt i høve til den totale budsjettramma.
Utdannings- og forskingsdepartementet har i samarbeid med Landbruksdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis ein på eigna måte kan etablere tilfredsstillande fasilitetar for stasjonær undervisning i klinisk veterinærmedisin på produksjonsdyr i Noreg. Gruppa skal òg vurdere eigna framtidig organisering av NVH og NLH for å skape fagmiljø og næringsutvikling. Det blir ein brei og open prosess, og arbeidsgruppa skal leggje fram endeleg rapport i mai 2003, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) frå Landbruksdepartementet.
Det er avdekt manglar i rekneskapen og rutinane hos NVH i 2001. I 2002 sette høgskolen i verk ei rekkje tiltak for å sikre god økonomiforvaltning. På bakgrunn av dette vil ikkje Noregs veterinærhøgskole bli omdanna til nettobudsjettert institusjon frå 1. januar 2003.
Resultatmål for 2003
Noregs veterinærhøgskole skal innan hausten 2003 gjennomføre Kvalitetsreforma. Høgskolen må gjere seg nytte av dei fullmaktene som er delegerte til å møte krav til fagleg kvalitet, fleksibilitet og omstilling i ei tid da konkurransen på utdannings- og forskingsområdet blir stadig sterkare, både nasjonalt og internasjonalt.
Høgskolen må styrkje den faglege leiinga av forskingsarbeidet og leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner. Høgskolen må gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga. Noregs veterinærhøgskole må utvikle vidare FoU-strategien sin og må prioritere innanfor forskingsområda i tett samarbeid med NOVA-universitetet, med sikte på nordisk arbeidsdeling. Noregs veterinærhøgskole må halde fram med arbeidet med å utvikle alliansane med andre aktørar, og omstillingsarbeidet ved høgskolen må halde fram.
Noregs veterinærhøgskole må òg arbeide for å rekruttere fleire menn til studia.
Noregs veterinærhøgskole må utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med intensjonane i Kompetansereforma.
Høgskolen må halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig.
Høgskolen må utnytte den studiekapasiteten den har løyving for.
Høgskolen må sikre at økonomiforvaltninga er i samsvar med økonomiregelverket, og at rekneskapen blir avlagd i rett tid og er korrekt.
Budsjettforslag for 2003
For å styrkje undervisninga ved Noregs veterinærhøgskole i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 foreslått 1,3 mill. kroner. Av desse er 0,8 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2002.
Noregs veterinærhøgskole får ei auke i budsjettramma på 0,9 mill. kroner, i samsvar med at avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med tolv i høve til resultatkravet for 2001. Vidare er talet på utvekslingsstudentar auka med sjui høve til 2000 jf. tabellen nedanfor, sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen,.
Resultatbasert løyving
(i kroner) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
668 496 | 0 | 0 | 0 | 144 586 | 8 915 | 35 000 | 856 997 |
Det er lagt inn midlar til fire nye stipendiatstillingar ved Noregs veterinærhøgskole. Rekrutteringsstillingane er lagde inn i budsjettramma med verknad frå hausten 2003.
I budsjettet for 2002 vart budsjettramma til Noregs veterinærhøgskole auka med 0,8 mill. kroner til strategisk prioritert forsking. Desse midlane er førte vidare i 2003. Departementet foreslår ein ytterlegare auke på 2 mill. kroner, totalt 2,8 mill. kroner, som ein del av strategisk forskingsløyving, jf. kategoriomtalen. Desse løyvingane skal nyttast til konsentrerte strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid i tråd med dei måla og strategiane som gjeld ved høgskolen. Det er foreslått å løyve 10,8 mill. kroner til vitskapleg utstyr ved Noregs veterinærhøgskole.
Innsparte midlar frå ordninga med kjøp av studieplassar i utlandet i 2003 skal nyttast til tilleggskurs for kandidatar med grunnutdanning frå utlandet, slik at dei kan få autorisasjon i Noreg.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3279 postane 02, 04 og 11, sjå forslag til vedtak II nr. 1.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs vetrinærhøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Post 21 gjeld lønn (inkl. trygd) og driftsutgifter til oppdragsforsking som blir finansiert under kap. 3279 post 01. Tilsetjing i slike stillingar skal berre gjelde for den perioden som den eksterne finansieringskjelda dekkjer lønnsutgiftene. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Post 45 gjeld løyving til vitskapleg utstyr, kjøp av utstyr og inventar til nybygg og større vedlikehalds- og ombyggingsarbeid.
Kap. 3279 Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 71 866 | 59 099 | 59 099 |
02 | Salsinntekter o.a. | 26 128 | 21 692 | 20 369 |
04 | Refusjon gebyrstipend | 1 722 | 1 208 | 555 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 34 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 463 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 109 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 972 | ||
Sum kap. 3279 | 104 294 | 81 999 | 80 023 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Inntektspost 02 er nedjustert med 2,2 mill. kroner, sjå parallell nedjustering av utgiftspost 01 under kap. 279.
Inntektspost 04 er nedjustert med om lag 0,7 mill. kroner, sjå parallell nedjustering av utgiftspost 01 under kap. 279.
På post 02 skal det, utanom inntekter frå sal av meteriell til studentar m.m., førast leigeinntekter som skal dekkje reinhald, vakthald og andre utgifter ved tilfeldig utleige lokale. Også faste leigeinntekter skal førast på post 02.
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 585 903 | 342 447 | 433 965 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 1 450 | 1 731 | 1 299 |
30 | Fellesmidlar , kan overførast | 50 611 | 25 200 | 25 200 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 31 846 | 7 997 | 20 237 |
60 | Tilskott til RiT 2000 , kan overførast | 65 598 | ||
70 | Tilskott til utgiving av lærebøker | 6 729 | 6 938 | 7 209 |
71 | Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking | 4 696 | 4 837 | 5 026 |
72 | Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar | 1 894 | 1 951 | 2 027 |
73 | Tilskott til internasjonale program | 43 100 | 58 500 | 61 908 |
75 | Tilskott til UNIK | 12 360 | 12 731 | |
76 | Tilskott til NORDUnet , kan overførast | 21 052 | 7 632 | 22 930 |
77 | Tilskott til Falstadsenteret | 2 000 | 2 060 | 2 140 |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 6 275 | 6 520 | |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim , kan overførast | 170 923 | 236 589 | |
90 | Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar | 250 | 1 408 | 5 208 |
Sum kap. 281 | 827 489 | 650 630 | 830 258 |
I høve til budsjettet for 2002 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
Post 01 er oppjustert med om lag 4,9 mill. kroner i samband med overgang til direkte innbetaling av pensjonsinskott til Statens pensjonskasse.
Post 01 er oppjustert med om lag 66,8 mill. kroner i samband med at midlar til fellestiltak ved dei statlege høgskolane er overførte frå kap. 274 post 01.
Post 01 er nedjustert med om lag 19,2 mill. kroner i samband med at midlar til husleige er overførte til Arkitekthøgskolen i Oslo og Noregs musikkhøgskole, sjå kapitla 265 post 50 og 269 post 01.
Post 45 er oppjustert med om lag 7 mill. kroner i samband med at midlar til utstyr ved dei statlege høgskolane, er overførte frå kap. 274 post 45.
Post 75 er nedjustert med om lag 13,2 mill. kroner i samband med at forvaltninga av tilskottet til Universitetsstudia på Kjeller (UNIK) er overført til Universitetet i Oslo, sjå omtale under kap. 260 post 50
Kapitlet omfattar mellom anna:
informasjonsteknologisatsingar som mellom anna tungrekning, Uninett AS, IKT i lærarutdanninga og Museumsprosjektet
utvikling av nye fjernundervisningstiltak og drift av sekretariatet og styret for Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF)
driftsmidlar til Universitets- og høgskolerådet
nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
database for statistikk om høgre utdanning
utdanningsforsking
Universitetsstudia på Svalbard (UNIS)
Samordna opptak (SO)
ny universitetsklinikk i Trondheim
internasjonale program
forskingsprosjekt, utgreiingar, konferansar og informasjonstiltak
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)
Tilskottspostane blir gitt eigne omtalar nedanfor.
Resultatrapport for 2001-02
Informasjonsteknologisatsingar
Programmet for tungrekning er ført vidare i 2002. Programmet skal dekkje behovet for tungrekneressursar ved Det norske meteorologiske institutt, og tilby kostnadseffektive tenester innanfor tungrekning til norske universitet og høgskolar.
Uninett AS leverer nett og ulike nettenester til universitet, høgskolar og ikkje-kommersielle forskingsinstitusjonar, og knyter norske forskingsmiljø til utlandet m.a. gjennom det nordiske samarbeidet NORDUnet. Utbygging av forskingsnettet til gigabitkapasitet starta i 2001 og er ført vidare i 2002. Dette er grunnlag for utvikling av neste generasjon nettenester, særleg video- og lydbaserte løysingar.
Satsinga for å få IKT sterkare inn i lærarutdanningane vart ført vidare i 2002. Målet for satsinga er at all grunnutdanning av lærarar skal gi ei grundig innføring i bruk av IKT som fagleg, didaktisk og pedagogisk hjelpemiddel, og gi erfaring med nettbasert undervisning og digitale læremiddel. I 2002 vart det lansert ein nasjonal nettstad for IKT i lærarutdanninga, utvikla nettbaserte ressursar og læremiddel i fleire fag, og arbeidd mellom anna med IKT-basert lese- og skriveopplæring og vurderingsformer. Ei formativ evaluering av IKT-arbeidet ved alle institusjonar er sett i gang i 2002. Satsinga på IKT i grunnutdanningane kjem i tillegg til den sterke satsinga på etter- og vidareutdanning i IKT for lærarar, jf. kap. 248 og kap. 226.
Simula-senteret for IKT-forsking på Fornebu vart opna våren 2002. Senteret er eigd av dei fire universiteta i Noreg, Norsk Reknesentral og SINTEF. Senteret hadde om lag 60 tilsette forskarar ved opninga. Senteret har eit klart mål om å drive grunnforsking på høgt internasjonalt nivå, samt medverke til innovasjon og nyskaping i næringslivet.
Bedriftsuniversitetet vart lansert våren 2002, med oppgåve å skreddarsy etter- og vidareutdanning til bedrifter og bransjar. Etter emisjon hausten 2001 er Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og SINTEF eigarar.
Fjernundervisning
Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) hadde i 2001 og 2002 ei grunnløyving på 18 mill. kroner. Midlane finansierer utvikling av fjernundervisning og fleksible studietilbod i høgre utdanning, arbeidet til styret og sekretariatet og ei ekstern evaluering av verksemda til SOFF. I løyvinga for 2002 vart om lag 13 mill. kroner fordelte til prosjekt medan det resterande dekkjer utgifter til ulike fellestiltak som konferansar og utgiving av nye rapportar i SOFF sin eigen rapportserie, utgifter til styret og sekretariatet, samt sluttføring av ekstern evaluering. Evalueringa som vart ferdigstilt i juli 2002, syner mellom anna at SOFF-støtte til prosjektutvikling har hatt god effekt ved institusjonane, men at SOFF må arbeide med ein betre strategi når det gjeld utvikling og spreiing av kunnskap.
I 2001 og 2002 fordelte SOFF dessutan midlar til universell tilrettelegging av fleksibel læring, jf. omtale under kap. 248 og midlar til etterutdanning av lærarar, jf. omtale under kap. 226.
Noregsuniversitetet
Noregsuniversitetet er eit samarbeid mellom hovudorganisasjonane i norsk arbeidsliv og høgre utdanning. Samarbeidet skal styrkje etter- og vidareutdanning relatert til arbeidslivet.
Departementet øyremerkte i budsjettet for 2002 3 mill. kroner til drift av Noregsuniversitetet i tildelingsbreva til dei høgre utdanningsinstitusjonane. I tillegg fekk Noregsuniversitetet tildelt 1 mill. kroner på kap. 248, til nye utviklingstiltak retta mot Nasjonalt læringsnett.
Styra i SOFF og Noregsuniversitetet har i 2002 starta ein prosess for å få til eit tettare samarbeid mellom dei to organisasjonane. Det blir òg sett på ei mogleg samanslåing.
Noregsnettrådet
Noregsnettrådet avslutta i 2001 evalueringane av Universitetet i Bergen, av lærarutdanningane og av dei hovudfaga ved statlege høgskolar som ikkje har parallellar på universiteta. Institusjonsevalueringa av Universitetet i Oslo, pilotprosjektet for utvikling av eit kvalitetssystem for høgre utdanning, evaluering av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og evaluering av ei prøveordning med mastergradsutdanning blir avslutta i 2002.
Det vart i 2001 handsama sju søknader om rett til å etablere doktorgradsutdanning frå tre private høgskolar og to statlege høgskolar. Talet på søknader om eksamensrett etter privathøgskolelova gjekk ned frå 53 i 2000 til 39 i 2001.
Informasjonssenter for internasjonal utdanning (NAIC) fekk 1 182 søknader om godkjenning i 2001. Dette inneber ein liten reduksjon frå året før. Talet på komplette søknader som ikkje var handsama, var 283, om lag same talet som førre året. Tida for handsaming har gått ned i 2001. NAIC har vore med på utvikling av og fått driftsansvaret for den nyoppretta databasen Nasjonal database for godkjenning av utanlandsk høgre utdanning (NAG). NAIC har på oppdrag frå departementet hatt ansvar for å setje i verk Diploma Supplement ved norske institusjonar, som ledd i oppfølginga av Lisboa-konvensjonen. NAIC tek aktivt del i internasjonale nettverk på området.
Rådsfunksjonen til Noregsnettrådet er ikkje forlengd ut over 2001. Departementet har våren 2002 oppnemnt eit interimsstyre for det nye akkrediteringsorganet Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Organet skal vere i drift frå 1. januar 2003. Tilsette i Noregsnettrådet si administrasjonsavdeling og avdeling for kvalitetssikring og evaluering vil bli førte over til NOKUT saman med oppgåvene sine. Oppgåvene som har vore i Noregsnettrådet og som ikkje blir førte over til NOKUT, vil dels bli førte over til andre institusjonar og dels avvikla. Noregsnettrådet sitt sekretariat blir dermed lagt ned frå årsskiftet. Departementet har von om å finne oppgåver for nokre av dei tilsette i andre organ, men det er òg lagt inn midlar til personalpolitiske tiltak i samband med avviklinga.
Statens lærarkurs
Statens lærarkurs blir på bakgrunn av Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 16 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om ny lærerutdanning avvikla frå 1. januar 2003, jf. Innst. S. nr. 262 (2001-2002). Oppgåver som Statens lærarkurs har hatt innanfor etter- og vidareutdanning, inkludert internasjonale tilbod, blir ført vidare av Læringssenteret, SOFF, universitet og høgskolar.
Riksbibliotektenesta
Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet har oppretta eit nytt tverrsektorielt og departementsovergripande organ for arkiv, bibliotek og museum for å betre samordning og utvikling på desse områda, jf. Innst. S. nr. 337 (2001-2002). Riksbibliotektenesta har frå 2002 gått inn i det nye organet saman med Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling. Det nye organet skal byggjast opp i løpet av 2002, og skal vere fullt operativt frå 1. januar 2003.
Det nye organet er administrativt lagt under Kultur- og kyrkjedepartementet, jf. nærare omtale på budsjettkap. 325 under Kultur- og kyrkjedepartementet.
Midlar til BIBSYS blir framleis tildelte frå Utdannings- og forskingsdepartementet.
Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning vart i 2000 forlengd med to år, fram til utgangen av 2003. Avtalen inneber at søkjarar som er busette i eit anna nordisk land, skal ha tilgjenge til offentleg høgre utdanning på same eller likeverdige vilkår som landets eigne søkjarar. Partane skal betale ei viss godtgjering for eigne studentar i anna land. Avtalen vart inngått for å auke studentmobiliteten innanfor Norden. Det vil bli vurdert om avtalen skal førast vidare. På grunn av det høge talet på norske studentar som søkte seg til enkelte lengre profesjonsutdanningar i Danmark, er det som tidlegare avgrensa opptak av norske studentar på studium i medisin, veterinærmedisin og odontologi ved danske institusjonar.
Statistikk om høgre utdanning
Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) er tilgjengeleg i world wide web-format. Institusjonane rapporterer opplysningar om studenttal, stillingar, areal, vekttal og økonomi til databasen. Databasen omfattar alle universitet og høgskolar som mottek midlar frå departementet.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM)
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) på Andøya er tildelt 2,5 mill. kroner over kap. 281 i 2002. I tillegg vart det løyvd 1,3 mill. kroner i samband med Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett for 2002. Det vart ved opprettinga av senteret lagt til grunn at det skulle evaluerast etter tre år. Evalueringa konkluderer med at NAROM er eit veldriven opplæringssenter som kjem varierte behov på ulike utdanningsnivå i møte.
Universitetsstudia på Svalbard (UNIS)
Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) har gitt gode resultat med omsyn til både undervisning, forsking og bidrag til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten utgjorde i 2001 118 60-studiepoengseiningar. 58 pst. av studentane var utanlandske. I 2001 var det 31 studentar som arbeidde med hovudfagsoppgåve ved UNIS, og 21 studentar avslutta hovudfags- eller diplomoppgåve. Det vart avlagt to doktorgradar ved UNIS i 2001.
Dei fire nye stipendiatstillingane som vart oppretta ved UNIS i 2001, vart førte vidare i 2002.
Arbeidet med vurderinga av organisasjonsforma for UNIS er no avslutta. Departementet tek sikte på at UNIS vert organisert som eit aksjeselskap i løpet av hausten 2002. Det vil få ein aksjekapital på kr 100 000 og departementet vil vere stiftar.
Samordna opptak
Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanningar. Frå 2001 har SO ei fullstendig elektronisk teneste på Internett. SO vart tildelt 19,2 mill. kroner i 2002.
Utdanningsforsking
Forskingsprogrammet «Kompetanse, utdanning og verdiskaping» i regi av Noregs forskingsråd vart ført vidare som planlagt i 2001. Prosjektet vil bli avslutta i 2002.
Prosjektet som har til oppgåve å vurdere arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle gjennomstrøyminga i utdanningssystemet vart førte vidare i 2001 og 2002 av Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU). Vidare har NIFU hatt ei rekkje mindre oppdrag for departementet.
Holocaustsenteret
Universitetet i Oslo oppretta våren 2001 Holocaustsenteret. Senter for studium av holocaust og livssynsminoritetar held til i mellombels lokale ved Universitetet i Oslo fram til restaureringa av Villa Grande er gjennomført. Holocaustsenteret vart tildelt 1 mill. kroner i 2002. Sjå omtale av budsjettforslag under kap. 260.
Museumsprosjektet og artsdatabanken
Museumsprosjektet gir ein nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår, gjennom digitaliserte vitskaplege samlingar ved universiteta. Museumsprosjektet vart tildelt 3 mill. kroner i 2002.
Artsdatabanken skal gi ein elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. I budsjettet for 2002 vart det sett av 2 mill. kroner til Artsdatabanken.
Budsjettforslag for 2003
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281 post 02, sjå forslag til vedtak II nr. 1.
Kapitlet finansierer prosjektretta stillingar i departementet som er knyttet til oppfølging av prosjekt under budsjettkapitlet.
Informasjonsteknologisatsingar
Programmet for tungrekning, som har programperiode frå 1999 til 2003, blir foreslått ført vidare med 22 mill. kroner i 2003. Departementet vil vurdere ordninga i løpet av 2003.
Satsinga for å integrere IKT i lærarutdanninga blir foreslått ført vidare med 30 mill. kroner.
Løyvinga til Bedriftsuniversitetet blir ført vidare med 5 mill. kroner.
Uninett AS sin satsing på utbygging av forskingsnettet til gigabitkapasitet blir foreslått ført vidare med 10 mill. kroner i 2003.
Fjernundervisning
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 18 mill. kroner til Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF). Midlane skal finansiere utvikling av fjernundervisning og fleksible læringstilbod i høgre utdanning, og arbeidet til styret og sekretariatet.
SOFF vil følgje opp den eksterne evalueringa med ein eigen oppfølgingsplan. Departementet vil, på grunnlag av evalueringa, oppfølgingsplanen og utfallet av den pågåande prosessen for eit tettare samarbeid mellom SOFF og Noregsuniversitetet, vurdere ei justering av oppgåvene til SOFF.
Noregsuniversitetet
Departementet foreslår at det blir øyremerkt 3 mill. kroner til vidare drift av Noregsuniversitetet i tildelinga til institusjonane i høgre utdanning. Departementet legg til grunn at organisasjonane i arbeidslivet betalar sin del.
Departementet ser positivt på eit tettare samarbeid mellom Noregsuniversitetet og SOFF, og vil vurdere eventuelle vidare steg i prosessen i samband med oppfølginga av SOFF-evalueringa og den kommande evalueringa av Noregsuniversitetet.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Regjeringa vil frå 1. januar 2003 etablere eit organ for akkreditering og evaluering, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Ansvaret for å utvikle og sikre kvaliteten i studietilboda er i stor grad lagt på institusjonane. NOKUT vil få i mandat å evaluere institusjonane sine system for kvalitetssikring og sjå til at dei har gode system for kvalitetssikring.
NOKUT skal også kunne evaluere studietilbod dei meiner det er grunn til å stille spørsmål ved kvaliteten i, og eventuelt trekkje tilbake akkrediteringa for desse dersom kvaliteten ikkje er i tråd med dei krava som er sette. Vidare skal NOKUT akkreditere nye studietilbod som institusjonen sjølv ikkje har fridom til å etablere, og dei skal akkreditere institusjonar som søkjer om endra status.
Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga på 11,3 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga i 2003. Dette vil komme i tillegg til dei ressursane som blir førte over frå Noregsnettrådet.
Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning blir ført vidare i 2003. Talet på norske studentar i andre nordiske land har auka i studieåret 2000-01. Utgiftene i samband med avtalen vil derfor gå noko opp.
Utdanningsforsking
Prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle gjennomstrøyminga i utdanningssystemet vil bli førte vidare i 2003. Løyvinga vil også bli nytta til å finansiere Kandidatundersøkingane og Akademikerregisteret.
Det er sett av midlar til ei ny langsiktig satsing på utdanningsforsking, sjå nærare omtale under kap. 200.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM)
Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på 2,5 mill. kroner til NAROM i 2003. Midlane skal nyttast til driftsutgifter i samband med aktivitetar knytte til vidaregåande opplæring, høgre utdanning og forsking ved NAROM.
Universitetsstudia på Svalbard (UNIS)
UNIS skal gi studietilbod på universitetsnivå og drive forsking med utgangspunkt i at Svalbard er geografisk plassert i eit høgarktisk område. Departementet finansierer eit studenttal på 100 heiltidsstudentar ved UNIS. Studia skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Midlar til fire stipendiatstillingar er delt ut til UNIS. For 2003 blir det foreslått midlar til to nye stipendiatstillingar med halvårsverknad i budsjettet for 2003. Løyvinga per stilling er auka, jf. Kategoriomtalen. Departementet foreslår ei tildeling på 42 mill. kroner til UNIS i 2003.
Regjeringa foreslår ei løyving på 30 mill. kroner til nybygg for Forskingsparken i Longyearbyen, jf. omtale under kap. 2445 post 31 under Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Samordna opptak
Departementet foreslår å tildele 19,9 mill. kroner til Samordna opptak i 2003. Midlane skal finansiere koordineringa av opptak til høgre utdanningar.
Bygg og lokale
I ein merknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001-2002) bad Stortinget departementet om ei samla oversikt med vurdering av behovet for nødvendige tilbygg og ombyggingar ved universitet og høgskolar. Departementet har sett i gang eit arbeid med sikte på å skaffe oversikt over og evaluere behovet for investeringar i sektoren og vil komme tilbake til Stortinget med saka når arbeidet er fullført. Sjå omtale av byggeprosjekt i St.prp. nr. 1 (1999-2000) og anna omtale under kap. 274.
Museumsprosjekt og artsdatabanken
Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å føre vidare tildelinga til Museumsprosjektet med 3 mill. kroner i 2003.
Artsdatabanken, som skal etablerast ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, er ein del av Regjeringa si oppfølging av St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Artsdatabanken skal gi elektronisk oversyn over dei biologiske artane i landet. Finansieringa kjem frå ulike departement. Det blir foreslått å løyve 6 mill. kroner til Artsdatabanken over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett i 2003.
Rekruttering av lærare med minoritetsspråkleg bakgrunn
Det er viktig å rekruttere lærarar og førskolelærarar med innvandrarbakgrunn. I tillegg til å motivere ungdom til å søkje regulære studium skal det satsast på å leggje til rette særskilde tilbod og utvikle studiemodellar, mellom anna slik at minoritetsspråklege som allereie arbeider i skole og barnehage, kan få full kompetanse for tilsetjing. Departementet vil innanfor kapitlet dele ut midlar til tiltaket.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje tilskott til internasjonale kongressar som blir haldne her i lander, og tilskott til representantar frå utanlandske lærestader på besøk i Noreg. Utgifter til kurs som blir arrangerte av departementet for tilsette ved universitet og høgskolar, gåveprofessorat og ulike fellestiltak som mellom anna informasjonsbrosjyrar og kunngjeringar som Informasjonstenesta ikkje tek seg av, skal òg bli dekte innanfor denne løyvinga. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281 post 01, sjå forslag til vedtak II nr. 2.
Post 30 Fellesmidlar, kan overførast
Løyvinga vil bli nytta til arbeid utomhus og andre fellestiltak i samband med byggeprosjekt ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga blir nytta til større utstyrsinnkjøp. Departementet fordeler løyvinga på universitet og høgskolar.
Post 70 Tilskott til utgiving av lærebøker
Lærebokutvalet for høgre utdanning har til oppgåve å fordele midlane som kvart år blir løyvde av Stortinget til utgjeving av lærebøker for høgre utdanning. Utvalet skal medverke til å betre den språklege likestillinga for lærebøker innanfor høgre utdanning ved å prioritere søknader til lærebøker som dekkjer eit dokumentert mangelområde, lavopplagsbøker og basisutgåver på nynorsk og samisk. Departementet foreslår ei løyving på 7,2 mill. kroner til utgiving av lærebøker i 2003.
Post 71 Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking
Stiftelsen for helsetenesteforsking ved Universitetssjukehuset i Akershus skal drive utgreiings-, forskings- og utviklingsverksemd i helsesektoren og medverke til å fremme kvalitet i pasienthandsaminga og rasjonell bruk av ressursar som blir nytta til helsetenester, med hovudvekt på drift av sjukehus. Vidare skal stiftelsen medverke til å bevare og utvikle vidare fagleg miljø og vitskapleg kompetanse ved Universitetssjukehuset i Akershus. Departementet foreslår ei løyving på 5 mill. kroner til Stiftelsen for helsetenesteforsking i 2003.
Post 72 Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar
Tilskottsordninga skal skape eit økonomisk grunnlag for eit systematisk etterutdanningstilbod for kunstnarar med forankring i kunsthøgskolane og andre aktuelle fagmiljø. Tilskottet kan bli tildelt kunstnarar som er tekne opp ved kunstfagleg etterutdanningstilbod som er organisert av Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Kunsthøgskolen i Oslo fekk i 2000 ansvaret for å forvalte tilskottsordninga. Stipenda blir delte ut etter tilråding frå ein stipendkomité, som er oppnemnd for ein periode på tre år av styret for Kunsthøgskolen i Oslo, etter forslag frå kunstnarorganisasjonane og kunsthøgskolane. Departementet foreslår ei løyving på 2 mill. kroner til stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar.
Rapportar syner at det er knytt store utgifter til å administrere ordninga. Departementet vil vurdere forvaltninga av tilskottet.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU sine gjeldande eller vedtekne program på utdanningsområdet, SOKRATES og LEONARDO DA VINCI og nokre mindre tiltak. Forslaget til budsjett på denne posten dekkjer deltakinga i SOKRATES-programmet og andre mindre omfattande aktivitetar på utdanningsområdet, som førebuande tiltak i utdannings- og ungdomspolitikken og Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004. For omtale av LEONARDO DA VINCI, sjå kap. 223 post 72.
SOKRATES-progammet omfattar samarbeid innanfor allmennutdanning på alle nivå i utdanningssystemet, frå førskole til doktorgrad. Målsetjinga med tilskottet er å leggje til rette for norsk deltaking i forpliktande institusjonssamarbeid med europeiske partnarar, for å oppnå internasjonalisering av norsk utdanning, fagleg utvikling, gjensidig læring og kvalitetssikring. 30 land er med i programmet.
Det norske tilskottet til EU-kontingenten for SOKRATES-programmet var på 32,6 mill. kroner i 2001. I tillegg har det nasjonale SOKRATES-kontoret (Senter for internasjonalt universitetssamarbeid, SIU) blitt tildelt 7,1 mill. kroner.
2001 var det første året for tildeling av midlar til Grundtvig-delen av programmet, som gjeld vaksenopplæring og grupper med særskilde behov. Det var stor søknad til læringspartnarskapa, og av 13 prosjekt der Noreg er med, er tre norskkoordinerte. Gjennom ARION, som gjeld studiebesøk for utdanningsadministratorar og beslutningstakarar i utdanningssystemet, vart det gitt 28 stipend for å reise på studiebesøk i 2001, og arrangert to ARION-kurs i Noreg.
I 2000-2001 tok 42 norske universitet og høgskolar del i ERASMUS-samarbeidet med student- og lærarutveksling. Talet på utveksla ERASMUS-studentar er lågare enn i dei siste to åra. Det var heller ingen norskkoordinerte ERASMUS-prosjekt dette året. Departementet samarbeider i 2002 aktivt med SIU for å auke aktiviteten i ERASMUS, spesielt med tanke på å oppfylle internasjonaliseringskrava i Kvalitetsreforma. Tabellen nedanfor viser talet på inn- og utreisande studentar i perioden 1992/93 til 2000/01:
ERASMUS-studentar
År | Inn | Ut |
---|---|---|
1992-93 | 155 | 474 |
1993-94 | 365 | 784 |
1994-95 | 554 | 980 |
1995-96 | 727 | 1 212 |
1996-97 | 776 | 1 165 |
1997-98 | 744 | 1 071 |
1998-99 | 983 | 1 101 |
1999-2000 | 1 008 | 1 107 |
2000-2001 | 980 | 1 008 |
2000-2001 var det første året ERASMUS-stipend til universitets- og høgskolelærarar vart delte ut nasjonalt. Det året var 171 norske lærarar på korte undervisningsopphald i utlandet, og 165 utanlandske lærarar var på undervisningsopphald ved norske universitet og høgskolar.
Departementet har på høring ein rapport frå ein arbeidsgruppe som foreslår tiltak for å setje i verk internasjonaliseringsaspekta ved Kvalitetsreforma. Eit av forslaga i rapporten er å styrkje koordineringa av internasjonale utdanningsprogram og ordningar og eventuelt etablere SIU i Bergen som eit nasjonalt senter for internasjonalisering. Departementet vil komme tilbake til saka på bakgrunn av høringa.
Departementet foreslår ei løyving på 61,9 mill. kroner i 2003. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingentutgifter til EU og kostnader i Noreg for deltakinga i SOKRATES-programmet.
Post 75 Tilskott til UNIK
Universitetsstudia på Kjeller (UNIK) vart etablert i 1987. Stiftarane var Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og dei tre store institutta på Kjeller: Forsvarets forskingsinstitutt, Institutt for energiteknikk og Telenor Forsking og Utvikling. UNIK er fagleg og undervisningsmessig underlagde Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
UNIK skal vere ein avansert studiestad innanfor norsk universitetsutdanning med fagleg og pedagogisk kvalitet på høgt internasjonalt nivå, og med tyngdepunkt i bruksretta informasjonsteknologi. Stiftinga skal tilby undervisning og rettleiing på hovudfagsnivå for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet sin siv.ing.-grad og Universitetet i Oslo sin cand.scient.- og siv.ing.-grad, samt forskarutdanning til dr.ing.- og dr.scient.-gradane.
I haustsemesteret 2001 var det ved UNIK registrert 43 cand.scient.-studentar, 13 siv.ing.-studentar og 25 stipendiatar. Seks studentar avla cand.scient.-graden og tre siv.ing.-graden. Tre kandidatar avla doktorgraden.
Departementet foreslår å leggje forvaltninga av tilskottet til UNIK til Universitetet i Oslo frå 2003, jf. kap. 260.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre ein felles nettinfrastruktur (NORDUnet) for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knytte dei til internasjonale nett og nettenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris på nett og nettenestene enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan realisere på eiga hand.
NORDUnet AS er organisert som eit dansk aksjeselskap, eigd av dei nasjonale nettverksorganisasjonane. Uninett AS forvaltar dei norske interessene i selskapet.
Departementet foreslår ei løyving på 22,9 mill. kroner til NORDUnet AS i 2003.
Post 77 Tilskott til Falstadsenteret
Stiftinga Falstadsenteret vart etablert i 2000, etter initiativ frå Levanger kommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Tilskottet skal nyttast til å skape eit opplærings- og dokumentasjonssenter for krigens fangehistorie, humanitær folkerett og menneskerettar.
Formålet for stiftinga er av allmenn, ideell karakter. Stiftinga skal ikkje drive økonomisk næringsverksemd med sikte på overskott, men gjennom drifta sørgje for vedlikehald av grunnkapitalen.
Departementet vurderer å overføre forvaltninga av tilskottet til Høgskolen i Nord-Trøndelag frå 2004.
Departementet foreslår ei løyving på 2,1 mill. kroner til Falstadsenteret i 2003.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. Formålet med tilskottet er å utvikle og fremme forsking og høgre utdanning innanfor ein nasjonal forskings- og utdanningspolitikk. UHR skal fremme koordinering og arbeidsdeling innanfor universitets- og høgskolesektoren og overfor andre nasjonale aktørar.
Departementet foreslår ei løyving på 6,5 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet i 2003.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av den nye universitetsklinikken i Trondheim.
Departementet betalte i 2001 ut 65,6 mill. kroner til Sør-Trøndelag fylkeskommune i samband med universitetsdelen av utbygginga. I alt har departementet utbetalt om lag 231,9 mill. kroner til fylkeskommunen i den perioden Sør-Trøndelag fylkeskommune hadde byggherreansvaret for utbygginga. Prosjektrekneskapen for perioden syner at departementet har om lag 31,6 mill. kroner til gode frå fylkeskommunen. For nærare omtale av gjennomførte og igangsette aktivitetar, sjå omtale under kap. 739 post 76.
Løyvingsforslaget for 2003 er på 236,6 mill. kroner.
Post 90 Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar o.a.
Løyvinga blir disponert til kapitalinnskott i stiftelsar eller til aksjekjøp dersom det er ønskeleg med slik medverknad frå universitet eller høgskolar i stiftelsar og aksjeselskap.
Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) er i dag ein del av Noregs forskingsråd. Regjeringa foreslår å skilje ut NSD frå Forskingsrådet og gjere verksemda om til eit aksjeselskap med ei innbetaling til aksjekapital på 5 mill. kroner. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 281 post 90 med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 285 post 52.
Posten er reudsert med 1,2 mill. kroner i samband med tilbakeføring av aksjekapital til SIMULA-senteret på Fornebu.
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 19 | 173 | 180 |
02 | Salsinntekter o.a. | 15 894 | 1 112 | 1 155 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 65 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 223 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 478 | ||
Sum kap. 3281 | 16 679 | 1 285 | 1 335 |
Kap. 282 Privat høgskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70 | Tilskott | 398 976 | 436 021 | 503 785 |
Sum kap. 282 | 398 976 | 436 021 | 503 785 |
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa;
Budsjettramma er oppjustert med om lag 3,1 mill. kroner i samband med at midlar til studiar i vernepleie er overførte frå kap. 274 post 01.
Kapitlet omfattar tilskott til private høgskolar.
Post 70 Tilskott
Målsetjing
Tilskottet skal medverke til å sikre drift av ulike utdanningstilbod ved private høgskolar som oppfyller krava til fagleg nivå og øvrige vilkår i privathøgskolelova.
Vilkår for eksamensrett og statstilskott
Utover at krava for eksamensrett skal vere oppfylte, fastset lov av 11. juli 1986 nr. 53 om private høyskoler mellom anna følgjande vilkår for tildeling av statstilskott: Høgskolen må anten a) vere oppretta av religiøse eller etiske grunnar, b) vere oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ eller c) utfylle det offentlege utdanningstilbodet på felt der det er eit udekt behov. I tillegg vil budsjettrammene vere avgjerande for om nye høgskolar/studium kan få tilskott. For nærare informasjon om fastsetjing av statstilskott, sjå omtale under Nytt finansieringssystem for private høgskolar.
1. juli 2002 trådde endringar i privathøgskolelova i kraft. Det vil frå 1. januar 2003 bli innført ei ordning med akkreditering av private høgskolar. Akkrediteringsordninga representerer ei ny og meir generell godkjenningsordning, som legg til rette for at private høgskolar kan få ei fagleg eigenforvaltning meir på linje med den som statlege institusjonar har. Dette gjeld både faglege fullmakter og retten til bruk av institusjonsnemningar. Akkrediterte institusjonar vil få større fagleg fridom og større ansvar for kvalitetssikring av institusjonar og studium. Desse institusjonane vil få rett til å bruke nemningar som universitet, vitskapleg høgskole og akkreditert høgskole. Det vart òg lovfesta nye reglar om rettar og plikter i høve til studentane. Dette gjeld til dømes reglar om ansvaret institusjonen har for læringsmiljøet til studentane, om retten studentane har til å opprette studentorgan, nye reglar om bortvising og utestenging, krav om politiattest for opptak til enkelte utdanningar og oppretting av klagenemnd.
1. januar 2003 trer dei siste av dei nye paragrafane i privathøgskolelova i kraft. Det nye organet for akkreditering og evaluering, NOKUT, vil frå da av sakshandsame søknader og eventuelt tildele eksamensrett etter privathøgskolelova. Fram til endringane i privathøgskolelova trer i kraft, vil Noregsnettrådets sekretariat på oppdrag frå departementet sørgje for at søknader om eksamensrett blir fagleg vurderte.
Rapport for 2001-02
I desember 2001 vedtok departementet nye retningslinjer for handsaming av søknader om eksamensrett etter privathøgskolelova. Dei private høgskolane fekk med dette fullmakt til å gjere mindre endringar i studium med eksamensrett utan å søkje departementet om godkjenning. Høgskolar som allereie har eksamensrett for eitt eller fleire studium, kan no sende nye søknader direkte til Noregsnettrådets sekretariat.
Tabellen nedanfor viser total aktivitet ved private høgskolar på kap. 282 i 2000 og i 2001. Tabellen er basert på rapportar frå institusjonane:
Privat høgskoleutdanning-- kandidattal og opptakstal
Private høgskolar - utdanningar med statstilskott over kap. 282 | Registrerte kandidattal 2000 | Registrerte kandidattal 2001 | Registrerte opptakstal 2000 | Registrerte opptakstal 2001 |
---|---|---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 403 | 385 | 499 | 501 |
Vernepleiarutdanning | 89 | 96 | 124 | 66 |
Sosionomutdanning | 92 | 81 | 88 | 97 |
Andre helse- og sosialrelaterte utdanningar | 612 | 776 | 694 | 446 |
Cand.theol:utdanning | 63 | 42 | 69 | 64 |
Allmennlærarutdanning | 87 | 93 | 163 | 201 |
Førskolelærarutdanning | 200 | 208 | 266 | 250 |
Anna utdanning innanfor teologi, pedagogikk og kunst | 1 283 | 1 006 | 1 486 | 1 545 |
Siviløkonomutdanning | 316 | 545 | 325 | 421 |
Sivilmarknadsførarutdanning | 139 | 140 | 183 | 315 |
Revisorutdanning | 61 | 40 | 55 | 144 |
Ingeniørutdanning | 10 | 26 | 66 | 65 |
Andre økonomiske, journalistiske og tekniske utdanningar | 2 491 | 4 196 | 9 459 | 9 609 |
Sum privat høgskoleutdanning | 5 846 | 7 634 | 13 477 | 13 724 |
Det teologiske Menighetsfakultetet fekk i februar 2002 rett til å tildele graden dr.art. avgrensa til kristendomskunnskap. Misjonshøgskolen fekk i mai 2002 rett til å tildele doktorgraden i teologi.
FoU-verksemd er eit prioritert satsingsområde ved fleire av dei private høgskolane. Desse har FoU-verksemd som i kvalitet ligg langt framme innanfor fagområda deira.
Tabellen nedanfor gir eit oversyn over det økonomiske omfanget av verksemda ved dei private høgskolane med statstilskott i 2001:
Private høgskolar - statstilskott (kap. 282), totale driftsinntekter og driftskostnader i 2001
(i 1 000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | Tilskott frå kap. 282 | Totale driftsinntekter1) | Driftskostnader1) |
Diakonhjemmets høgskole2) | 36 378 | 75 965 | 77 132 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 16 394 | 21 071 | 23 083 |
Betanien Sykepleierhøgskole | 12 778 | 17 618 | 17 865 |
Lovisenberg diakonale høgskole3) | 30 960 | 43 278 | 44 430 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 12 688 | 14 486 | 14 435 |
Rogaland Høgskole4) | 14 006 | 18 598 | 18 778 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 28 769 | 39 605 | 40 938 |
Misjonshøgskolen | 7 928 | 19 522 | 20 928 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 27 742 | 34 592 | 31 037 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 21 461 | 27 338 | 28 636 |
Dronning Mauds Minne | 41 501 | 44 490 | 44 205 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 5 580 | 6 785 | 6 879 |
Den norske Eurytmihøyskole | 1 869 | 2 111 | 2 109 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 9 262 | 10 455 | 10 635 |
Den Norske Balletthøyskole | 2 349 | 3 969 | 3 747 |
Bergen Arkitekt Skole | 6 636 | 9 163 | 9 331 |
Handelshøyskolen BI | 86 051 | 761 587 | 738 410 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole5) | 22 676 | 104 879 | 98 745 |
Mediehøgskolen | 6 797 | 16 522 | 16 687 |
1)Byggjer på tal rapporterte av institusjonane.
2)Diakonhjemmets høgskolesenter skifta namn til Diakonhjemmets høgskole i 2001.
3)1. januar 2002 endra Høgskolen for Diakoni og Sykepleie namn til Lovisenberg diakonale høgskole.
4)I 2001 skifta Rogaland Vernepleierhøgskole namn til Rogaland Høgskole.
5)1. januar 2002 endra Den Polytekniske Høgskolen namn til Norges Informasjonsteknologiske Høgskole.
Tabellen nedanfor viser registrerte studentar hausten 2000 og hausten 2001 ved private høgskolar på kap. 282 og statstilskott til desse i 2002.
Privathøgskoleutdanning - studenttal 2000 og 2001, samt statstilskott 2002
(i 1 000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Privat høgskoleutdanning | Registrerte studentar hausten 20001) | Registrerte studentar hausten 20011) | Statstilskott 2002 (endeleg brev om tilsegn) |
Diakonhjemmets høgskole | 41 939 | ||
- sjukepleiarutdanning | 287 | 281 | |
- sosionomutdanning | 257 | 252 | |
- andre studium | 167 | 331 | |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 325 | 272 | 18 404 |
Betanien Sykepleierhøgskole | 274 | 262 | 14 239 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 249 | 277 | 14 080 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 722 | 692 | 34 661 |
Rogaland Høgskole | 330 | 375 | 15 621 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 29 603 | ||
- praktikum | 61 | 27 | |
- øvrige | 710 | 728 | |
Misjonshøgskolen | 8 159 | ||
- praktikum | 12 | 17 | |
- øvrige | 161 | 144 | |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 617 | 595 | 22 083 |
Norsk Lærerakademi, Lærarhøgskolen | 413 | 459 | 31 288 |
Dronning Mauds Minne | 717 | 685 | 48 288 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 70 | 69 | 9 482 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 103 | 99 | 6 547 |
Den norske Eurytmihøyskole | 18 | 15 | 2 079 |
Den Norske Balletthøyskole | 30 | 30 | 2 536 |
Bergen Arkitektskole | 117 | 110 | 6 678 |
Handelshøyskolen BI | 86 942 | ||
- Master of Science | 74 | 90 | |
- siviløkonomutdanning | 1 290 | 1 346 | |
- sivilmarknadsførarutdanning | 698 | 727 | |
- revisorutdanning | 175 | 293 | |
- ordinære studium NMH | 1 616 | 3 706 | |
- internasjonale studium NMH | 276 | 244 | |
- andre utdanningar | 6 456 | 4 495 | |
- Norges Varehandelshøyskole | 213 | 205 | |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 22 005 | ||
- forkurs | 142 | 103 | |
- dataingeniørutdanning | 174 | 179 | |
- datautdanning | 1 754 | 1 587 | |
Mediehøgskolen | 120 | 153 | 6 994 |
Norsk reiselivshøyskole | 171 | 299 | 2 579 |
Sum | 18 799 | 19 147 | 424 207 |
Refusjon av pensjonstilskott | 3 970 | ||
Stipendiatstillingar | 7 844 | ||
Sum totalt tilskott 2002 | 436 021 |
1) Tal på heiltidsekvivalentar rapporterte av institusjonane til DBH.
Budsjettforslag for 2003
Nytt finansieringssystem for private høgskolar
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001-2002) uttaler fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at det er behov for å gå gjennom finansieringsordningane for private høgskolar, og at finansieringssystemet for private høgskolar bør byggje på dei same prinsippa som for statlege universitet og høgskolar med ein basiskomponent, ein forskingskomponent og ein resultatbasert undervisningskomponent.
Departementet tek utgangspunkt i fleirtalsmerknaden i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001-2002) om ei tredelt finansiering også for dei private høgskolane. Fleire av trekka ved finansieringsmodellen for dei statlege universiteta og høgskolane vil også gjelde den private høgskoleutdanninga. Den statlege modellen er presentert i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Verksemda ved dei private høgskolane som tek imot statstilskott, varierer mykje både i storleik og når det gjeld fagleg karakter. Det er derfor ei utfordring å utvikle eit system som skal famne alle desse institusjonane. Departementet har òg for dei private høgskolane lagt vekt på å utarbeide eit system som fremmar kvalitet og effektivitet, og som gir utteljing på bakgrunn av faktisk oppnådde resultat.
I Innst. S. nr. 337 (2000-2001) viser kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen til at offentlege forskingsprogram skal vere opne for relevante fagmiljø, uavhengig av om dei er private eller offentlege. Komiteen peiker vidare på at ein ved dei private høgskolane som gir organsiert forskarutdanning, bør ta omsyn til denne forskarutdanninga når tilskottsramma blir fastlagd. Enkelte private høgskolar har ein omfattande forskingsinnsats med høg standard. Både i St.meld. nr. 39 (1999-2000) og i St.meld. nr. 27 (2000-2001) blir det omtalt som ønskjeleg at forskingsressursar blir konsentrerte om miljø som er prega av kvalitet. Departementet har teke omsyn til desse føringane. Innføring av eit skilje i utrekninga av forskingstilskott og undervisningstilskott er eit viktig element i det nye finansieringssystemet.
Det nye finansieringssystemet vil ikkje ha omfordelande budsjettverknad i 2003. Det er etablert ein utgangsposisjon i 2003, og først i budsjettet for 2004 vil endringar i oppnådde resultat gi utslag i tilskottet til den einskilde høgskolen. Departementet har varsla institusjonane om at rapporteringa av avlagde studiepoeng i 2001 truleg vil bli nytta ved innføring av nytt finansieringssystem. Departementet har særskilt bede institusjonane om å kvalitetssikre data, men gjer likevel merksam på at det kan vere varierande kvalitet på resultatrapporteringa frå den private høgskolesektoren. Dette inneber ein fare for uheldige verknader og tilpassingar i finansieringsmodellen. Departementet vil vurdere eventuelle justeringar i datamaterialet dersom det viser seg å vere nødvendig som følgje av kvaliteten i datarapporteringa. Dei private høgskolane må utvikle gode rutinar for rapportering. Vidare vil departementet sjå krava i samanheng med dei rutinane for rapportering som blir innførte i Statens lånekasse for utdanning i samband med konverteringsordninga frå lån til stipend for studentane på bakgrunn av avlagde studiepoeng.
Det nye finansieringssystemet bør ha legitimitet i den sektoren det skal verke i. Departementet har derfor lagt vekt på å samarbeide med representantar frå Nettverket for Private Høyskoler ved utarbeidinga av systemet. Nedanfor blir det gjort nærare greie for dei ulike komponentane i finansieringssystemet.
Undervisningskomponenten
Variablane som gir utteljing i komponenten, er avlagde 60-studiepoengseiningar, samt inn- og utreisande studentar. Det er definert kva for studium ved dei private høgskolane som er med i finansieringsmodellen. Studiepoeng ved desse studia gir utteljing i modellen. Rapporteringa for resultata i 2001 ligg til grunn for utgangsposisjonen i 2003. Resultat i forhold til dette nivået avgjer storleiken på det resultatbaserte tilskottet seinare år. Budsjettstorleiken på undervisningskomponenten vil, som i modellen for statlege institusjonar, variere ut frå resultata på variablane i komponenten.
Det er nytta den same kostnadskategoriseringa av studium som i modellen for statlege institusjonar. Satsane i den resultatbaserte undervisningskomponenten er like for private og offentlege høgre utdanningsinstitusjonar. For nærare omtale av denne seksdelte kostnadskategoriseringa, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
For å behandle dei private og statlege institusjonane mest mogleg likt er tilskottsprosentsatsen i undervisningskomponenten sett til 100 i den nye finansieringsmodellen. Vidare er det i ein resultatbasert finansieringsmodell naturleg å sjå avlagde 60-studiepoengseiningar som studenttal for støtte, jf. privathøgskolelova.
For dei statlege institusjonane har departementet foreslått å vente med å fase inn utteljinga for kandidatproduksjon til den nye gradsstrukturen er innført, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002). Dette vil også gjelde for dei private institusjonane.
Når ein går over frå å nytte normalkostnader og tilskottsprosentsatsar til bruk av kostnadskategoriar som i modellen for statlege institusjonar, har det innanfor kostnadsramma på kapitlet for 2003 vore nødvendig å løfte nokre studium ut av modellen. Forkurs for ingeniørutdanning ved Norges Informasjonsteknologiske Høgskole vil såleis ikkje motta statstilskott i 2003. Men dette kurset gir heller ikkje studiepoeng. Ved Handelshøyskolen BI har det vore nødvendig å ta studium ut av modellen og presisere tydeleg kva for studium som får statsstøtte. For alle institusjonane på kap. 282 blir no studium for støtte spesifiserte. Tabellen nedanfor viser studium som er inkluderte i modellen og utrekningsgrunnlaget for undervisningskomponenten.
Oversikt over studium for støtte og utrekningsgrunnlaget for undervisningskomponenten
Institusjon | Studium | 60-studiepoengs- einingar | Student- utveksling |
---|---|---|---|
Diakonhjemmets høgskole | Sjukepleiarutdanning, sosionomutdanning, diakoni, psykisk helsearbeid, familieterapi, aldring og eldreomsorg, organisasjon og leiing. | 594 | 17 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | Sjukepleiarutdanning, diakoni, helsesøsterutdanning | 259 | 13 |
Betanien Sykepleierhøgskole | Sjukepleiarutdanning, aldring og eldreomsorg | 201 | 7 |
Diakonissehjemmets Høgskole | Sjukepleiarutdanning | 203 | 0 |
Lovisenberg diakonale høgskole | Sjukepleiarutdanning, diakoni, aldring og eldreomsorg | 459 | 9 |
Rogaland Høgskole | Vernepleiarutdanning, ergoterapeututdanning | 357 | 2 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | Praktikum, kristendom lågare grad, kristendom høgre grad, teologistudiet | 349 | 25 |
Misjonshøgskolen | Praktikum, teologistudiet lågare grad, teologistudiet høgre grad | 97 | 13 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | Ex.phil./ex.fac., interkulturell forståing, kristedomskunnskap lågare grad, kristendomskunnskap høgre grad, pedagogikk lågare grad, pedagogikk høgre grad | 261 | 10 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | Allmennlærarutdanning, førskolelærarutdanning | 302 | 8 |
Dronning Mauds Minne | Førskolelærarutdanning, drama, førskolepedagogikk, spesialpedagogikk, pedagogisk rettleiing, pedagogisk arbeid på småskoletrinnet | 638 | 14 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | Musikkutdanning | 53 | 0 |
Rudolf Steinerhøyskolen | Lærarutdanning, førskolelærarutdanning | 94 | 3 |
Den norske Eurytmihøyskole | Eurytmiutdanning | 15 | 2 |
Den Norske Balletthøyskole | Dansepedagogutdanning | 30 | 0 |
Bergen Arkitektskole | Sivilarkitektutdanning | 107 | 2 |
Handelshøyskolen BI | Master of Science, siviløkonomutdanning, høgre revisorstudium, sivilmarknadsførarstudiet, revisorstudium, diplommarknadsførarstudiet i informasjon og samfunnskontakt, diplommarknadsførarstudiet i reiseliv og serviceleiing, diplomeksportmarknadsførarstudiet, diplomøkonomstudiet i finans | 3 146 | 433 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | Dataingeniørutdanning, datautdanning | 832 | 0 |
Mediehøgskolen | Mediekommunikasjon, journalistutdanning | 118 | 0 |
Norsk reiselivshøyskole | Reiseliv og kommunikasjon | 127 | 0 |
Løyvinga på kap. 282 er foreslått auka med 2,9 mill. kroner for å styrkje undervisningskomponenten.
Forskingskomponenten
Forskingsaktiviteten i den private høgskolesektoren er av ulikt omfang. For eit fleirtal av høgskolane er det ikkje dokumenterte forskingsresultat som viser at det bør bli oppretta ein forskingskomponent, men det ligg midlar til forsking i basiskomponenten til alle institusjonane. Det vil no bli oppretta ein eigen forskingskomponent for fire private høgskolar.
Ved oppretting av ein forskingskomponent i finansieringsmodellen for private høgskolar er rekrutteringsstillingane ved Handelshøyskolen BI og Det teologiske Menighetsfakultetet ført vidare og lagte inn i forskingskomponenten til dei to institusjonane. For 2003 foreslår departementet å tildele fem nye stipendiatstillingar ved Handelshøyskolen BI, to nye stipendiatstillingar ved Menighetsfakultetet og to stipendiatstillingar ved Misjonshøgskolen. Desse stillingane er lagte inn med halvårsverknad i 2003 og plasserte i forskingskomponenten.
Departementet ønskjer å premiere forskingsresultat ved dei private høgskolane og har fordelt ytterlegare 10 mill. kroner i forskingskomponenten. Departementet har utifrå ei vurdering av vitskaplege publikasjonar, doktorgradskandidatar og tildelte midlar frå Noregs forskingsråd fordelt desse midlane på følgjande vis: 6,1 mill. kroner til Handelshøyskolen BI, 2,3 mill. kroner til Det teologiske Menighetsfakultetet, 1,1 mill. kroner til Misjonshøgskolen og 0,5 mill. kroner til Diakonhjemmets høgskole.
Forskingskomponenten for dei private høgskolane inneheld element frå forskingskomponenten i den statlege modellen. Regjeringa vil inkludere dei private institusjonane i same forskingsmodell som dei statlege institusjonane i samband med ei vidare utvikling av denne, sjå kategoriomtalen.
Basiskomponenten
Departementet foreslår å opprette ein basiskomponent i tilskottet til dei private høgskolane. Basiskomponenten vil vere ein stabil og pårekneleg del av statstilskottet. Basiskomponenten utgjer den delen av tilskottsramma til den private høgskolen som står att når undervisningskomponenten og forskingskomponenten er trekte ut. Basisløyvinga inneheld midlar til forsking og undervisning. Basiskomponenten blir rekna ut på tilsvarande måte som for dei statlege institusjonane. Dette fører vidare politiske prioriteringar i budsjetta for tidlegare år. Budsjettendringar i denne rammestyrte delen av løyvinga til private høgskolar vil i framtida bli handterte som i finansieringsmodellen for statlege institusjonar, ved at 60 pst. av kostnadene ved ein studieplass vil bli lagt til eller trekt ut frå basiskomponenten.
For dei statlege institusjonane utgjorde basiskomponenten i snitt 60 pst. av løyvinga til ein institusjon i utgangsåret. Av omsynet til likebehandling med dei statlege institusjonane og for å ta vare på insentiva i ein resultatbasert finansieringsmodell ønskjer departementet at basiskomponenten for dei private høgskolane ikkje skal overstige 60 pst. av statstilskottet i utgangsposisjonen. Nokre av dei private høgskolane vil likevel ha ein basiskomponent som overstig 60 pst. av statstilskottet for 2003. Det overskytande beløpet vil fungere som eit resultatkrav for institusjonane. Midlane vil gradvis bli fasa ut over ein fireårsperiode dersom institusjonane ikkje aukar talet på avlagde studiepoeng.
For å styrkje undervisninga ved dei private høgskolane i samsvar med tiltaka i Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2003 lagt inn 14,2 mill. kroner på kap. 282. Midlane er fordelte forholdsvis etter avlagde 60-studiepoengseiningar ved institusjonane og lagte inn i basiskomponenten.
Tabellen nedanfor syner budsjettforslaget for 2003 fordelt på komponentane i finansieringssystemet.
Oversikt over budsjettforslag for 2003 fordelt på komponentane i finansieringssystemet
(i 1 000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Institusjon | Undervisning | Forsking | Basis | Samla forslag om statstilskott 2003 |
Diakonhjemmets høgskole | 15 997 | 476 | 29 532 | 46 005 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 7 745 | 0 | 12 610 | 20 355 |
Betanien Sykepleierhøgskole | 5 981 | 0 | 9 517 | 15 498 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 6 090 | 0 | 9 305 | 15 395 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 13 683 | 0 | 24 010 | 37 693 |
Rogaland Høgskole | 10 804 | 0 | 9 849 | 20 653 |
Det teologiske Menighetsfakultetet | 10 389 | 5 694 | 21 181 | 37 264 |
Misjonshøgskolen | 3 834 | 1 685 | 4 812 | 10 331 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig høgskole | 6 518 | 0 | 16 879 | 23 397 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 9 100 | 0 | 24 393 | 33 493 |
Dronning Mauds Minne | 18 833 | 0 | 32 785 | 51 618 |
Barratt Dues Musikkinstitutt | 3 816 | 0 | 6 128 | 9 944 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 2 835 | 0 | 4 130 | 6 965 |
Den norske Eurytmihøyskole | 730 | 0 | 1 456 | 2 186 |
Den Norske Balletthøyskole | 1 440 | 0 | 1 247 | 2 687 |
Bergen Arkitekt Skole | 7 714 | 0 | 1 410 | 9 124 |
Handelshøyskolen BI | 95 173 | 12 703 | 13 021 | 120 897 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 21 072 | 0 | 4 736 | 25 808 |
Mediehøgskolen | 3 615 | 0 | 5 356 | 8 971 |
Norsk Reiselivshøyskole | 3 036 | 0 | 2 464 | 5 500 |
Sum tildeling | 248 405 | 20 558 | 234 821 | 503 784 |
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0283 | Meteorologisk institutt (jf. kap. 3283) | 364 606 | 355 882 | 371 718 | 4,4 |
0285 | Noregs forskingsråd | 812 207 | 884 413 | 1 149 486 | 30,0 |
0286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286) | 6 204 227 | 3 350 462 | 3 528 821 | 5,3 |
0287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287) | 90 133 | 295 706 | 117 353 | -60,3 |
0288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288) | 99 987 | 130 005 | 151 819 | 16,8 |
Sum kategori 07.70 | 7 571 160 | 5 016 468 | 5 319 197 | 6,0 |
Budsjettforslaget for kategori 07.70 utgjer 5,32 mrd. kroner. Dette er ein auke på 303 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 37,3 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3283 | Meteorologisk institutt (jf. kap. 283) | 163 011 | 147 214 | 160 954 | 9,3 |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286) | 204 227 | 525 462 | 1 251 740 | 138,2 |
3287 | Forskningsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287) | 12 400 | |||
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288) | 4 865 | |||
Sum kategori 07.70 | 367 238 | 672 676 | 1 429 959 | 112,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.70 utgjer 1,43 mrd. kroner. Dette er ein auke på 757 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 12,9 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Tilstandsvurdering, strategiar og tiltak
For ein omtale av norsk forsking generelt, sjå under del I, kap. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Mål: Langsiktig og god forsking
Det er eit mål for Regjeringa å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga og å forbetre kvaliteten i norsk forsking. Det generelle kvalitetsnivået skal hevast, og fleire norske miljø skal vere i den internasjonale forskingsfronten. Eit aktivt engasjement i internasjonalt samarbeid vil vere viktig for å fremme kvalitet og fagleg fornying og for å betre tilgangen på ny kunnskap.
Styrking av grunnforskinga
Grunnforsking medverker til å gi større innsikt i naturen, oss sjølve og samfunnet, og dannar grunnlag for forskingsbasert undervisning. Den offentleg finansierte grunnforskinga sikrar landet ei langsiktig kunnskapsoppbygging, gir oss ein kunnskapsbank på område som vil kunne bli sentrale i framtida, og gjer bedrifter og institusjonar betre i stand til å hente inn ny kunnskap utanfrå. Norsk grunnforsking er dermed også avgjerande for utviklinga av næringsliv og velferd i Noreg.
Samanlikna med andre OECD-land utgjer grunnforskinga i Noreg ein låg del av den totale forskingsinnsatsen (17 pst. i 1999). Noreg har relativt få store, forskingstunge føretak som kan investere i langsiktig grunnleggjande forsking. Samstundes tyder undersøkingar på at delen grunnforskning ved norske universitet har gått ned. I universitetsundersøkinga for 2000 svarte 62 pst. av forskarpersonalet at dei driv med grunnforsking, mot 70 pst. i 1981.
Grunnforskinga i Noreg blir driven først og fremst ved universitet og vitskaplege høgskolar. Mesteparten av dei offentlege forskingsmidlane til institusjonane blir gitt via dei direkte løyvingane til universitet og høgskolar, sjå kategori 07.60. Finansiering gjennom forskingsråd er ei komplementær kjelde for offentleg finansiering av forsking ved universitet og høgskolar, slik tilfellet er i dei fleste land. Ved fordeling gjennom forskingsråd sikrar ein at nasjonale perspektiv og heilskapsvurderingar blir lagde til grunn. Som oppfølging av evalueringa av Noregs forskingsråd vil departementet setje i gang ei brei vurdering av finansieringa av norsk grunnforsking.
Sidan Forskingsfondet vart oppretta i 1999, har avkastninga frå fondet vorte ei viktig kjelde til å finansiere langsiktig forsking og nye kvalitetstiltak, sjå kap. 286. Per 1. januar 2002 hadde fondet ein kapital på 13 mrd. kroner. Avkastninga frå fondet blir frå og med 2002-budsjettet fordelt med ein tredel direkte til universitet og høgskolar og to tredeler til Noregs forskingsråd. I 2003 vil avkastninga vere 793 mill. kroner. Dermed vil 264 mill. kroner gå til forskinga ved universitet og høgskolar direkte, medan 529 mill. kroner vil bli kanalisert gjennom Forskingsrådet over kap. 286.
Stortinget har nyleg vedteke å endre fordelinga av tippeoverskottet, slik at den tredelen av overskottet som til no har gått til forsking skal gå til formål innan idrett og kultur, jf. Innst. O. nr. 44 (2001-2002). For å vege opp for tapte inntekter til forsking vedtok Stortinget seinare å auke kapitalen i Forskningsfondet med 14 mrd. kroner, jf. Innst. S. nr. 223 (2001-2002). Fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomitèen ønskte at omlegginga av systemet ikkje skulle innebere endra fordeling mellom typar av forsking eller typar av institusjonar. Stortinget ba dessutan Regjeringa om at delen grunnforsking av dei totale forskingsmidlane blir halden oppe. Regjeringa vil følgje dette opp. Den delen av fondsavkastinga som erstattar tapte tippeinntekter blir handsama separat frå den ordinære delen av fondsavkastninga, og er derfor plassert på kap. 285 post 52, der tippeinntektene blir trekte ut. Det er gjort eit unntak for 27 mill. kroner, som i 2003 er foreslått nytta til vitskapleg utstyr ved Noregs landbrukshøgskole og Noregs vetrinærhøgskole, jf. kategori 07.60. I 2003 vil avkastninga vere 458,7 mill. kroner. For meir omtale sjå kapitla 285 og 3286. I det følgjande vil desse midlane ikkje bli omtalte som "fondsmidlar", då dei har eit anna formål enn dei ordinære fondsmidlane.
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i den ordinære delen av fondet med 3 mrd. kroner i 2003, slik at det ordinære fondet totalt blir på 16 mrd. kroner. Auken vil gi om lag 180 mill. kroner meir avkastning i 2004.
Kvalitet i grunnforskinga
Regjeringa har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking, både ved å få fleire forskarar og forskingsmiljø opp i internasjonal toppklasse og ved ei meir generell og brei kvalitetsheving. Styrking av rammevilkåra for forsking er eit viktig verkemiddel. Det er innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar som knyter finansiering til fagleg kvalitet på både institusjons- og individnivå, jf. kategori 07.60.
Over kategori 07.70 vil forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt som er finansierte av Noregs forskingsråd, vere eit av dei viktigaste verkemidla for å sikre kvalitet og fagleg fornying. Dette verkemidlet har vore prioritert gjennom fleire år, og departementet legg til grunn at Forskingsrådet også i 2003 skal prioritere frie prosjekt, jf. kap. 285 post 52. Kategorien finansierer òg grunnforskingsprogram og i nokon grad anvendte program i Forskningsrådet. Midlane over denne kategorien er ei viktig finansieringskjelde for fagutvikling innanfor disiplinane. Eit nytt, funksjonsdelt forskingsråd med ei eiga avdeling for utvikling av fag og disiplinar vil venteleg medverke til å setje enda sterkare fokus på norsk grunnforsking.
For at forskarar ved norske universitet og høgskolar skal kunne vere i den internasjonale forskingsfronten, må dei ha tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr. Universiteta og høgskolane får midlar til vitskapleg utstyr både direkte over grunnbudsjetta til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har eit eige utstyrsutval som i perioden 1996-2001 har fordelt 317 mill. kroner finansiert over kap. 285 og 286. Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) har evaluert denne ordninga. Evalueringa viser at ordninga har verka klårt positivt for dei norske forskingsinstitusjonane. Ordninga sikrar ein nasjonal utstyrsstrategi og vert viktig i og med den store satsinga på utstyr i 2003.
I tråd med Sem-erklæringa vil Regjeringa sikre ei oppdatering av utstyrsparken gjennom ein monaleg auke av løyvingane både til Forskingsrådet og gjennom grunnløyvingane til institusjonane. Departementet foreslår å styrkje løyvingane til utstyr med 120 mill. kroner i 2003. Av desse vil 93 mill. kroner bli fordelte av Forskingsrådet, jf. kap. 285. Den samla utstyrssatsinga over Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett i 2003 blir 265 mill. kroner, jf. også kategori 07.60.
Fagevalueringar skal gi eit bilete av kvaliteten på norsk grunnforsking og skal danne grunnlag for å auke både kvalitet og effektivitet. I samsvar med vedtektene har Forskingsrådet eit særleg ansvar for å gjennomføre og følgje opp evalueringar, og rådet har over fleire år systematisk evaluert dei naturvitskaplege fagområda. Tilsvarande fagevalueringar er gjennomførde innanfor lingvistikk og statsvitskap. Evalueringane nyttar internasjonal ekspertise. Resultata så langt syner at kvaliteten på norsk forsking er varierande. Nokre miljø held høgt internasjonalt nivå, men det er eit generelt behov for forskingsleiing, konsentrasjon, arbeidsdeling og fornying.
Tilrådingane frå dei internasjonale ekspertkomiteane har verknad på fleire nivå. Dei dannar grunnlag for dei forskingspolitiske vurderingane og prioriteringane til Forskingsrådet og for å setje i verk kvalitetshevande tiltak frå rådet si side. Dessutan er dei sentrale reiskapar for institusjonane i deira faglege og strategiske utviklingsarbeid. Evalueringane verkar òg inn på det forskingspolitiske arbeidet til departementa og utgjer eit av utgangspunkta for dialogen med dei involverte institusjonane.
Noregs forskingsråd skal halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø og sørgje for god og systematisk oppfølging. Generelt skal rådet leggje vekt på kvalitetsvurderingar ved fordeling av dei faglege løyvingane, for på denne måten å støtte den beste og mest lovande forskinga i Noreg og for å leggje til rette for fagleg fornying og internasjonalt samarbeid.
Internasjonalt forskingssamarbeid skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom personar og mellom miljø. I tillegg kjem eit omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar. Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar innanfor grunnforsking. Stortinget har vurdert det som viktig å føre vidare den norske deltakinga, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000) og St.meld. nr. 39 (1998-99). Samstundes er det behov for å utnytte samarbeidet betre, og dette skjer mellom anna ved formidlings- og rekrutteringstiltak, jf. kap. 288.
Det har vore jamt over god deltaking frå norske universitet, høgskolar og forskingsinstitutt i EUs femte rammeprogram for forsking og utvikling (1999-2002). EUs sjette rammeprogram (2002-2006) vil starte opp i 2003. For nærare omtale av rammeprogramma, sjå St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Nærings- og handelsdepartementet. EU-kommisjonen har teke initiativ til eit europeisk forskingsområde (European Research Area), som er eit vidare samarbeid med vekt på mellom anna betre samspel mellom nasjonale forskingsprogram og utvikling av nettverk for framifrå forsking. Noreg vil ta aktiv del i denne utviklinga.
Stadig fleire land har teke i bruk ordningar for å utvikle senter for framifrå forsking som tiltak for å fremme kvalitet og har gode erfaringar med dette. Ei norsk ordning med senter for framifrå forsking blir forvalta av Forskingsrådet på oppdrag frå departementet. Det er no peika ut 13 senter innanfor ulike fagområde, der mellom anna både medisin, naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora er representerte. Dei første sentra vil starte opp hausten 2002. Ordninga blir finansiert gjennom Forskingsrådet med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet, jf. kap. 286. Sentra vil få ei gjennomsnittleg løyving på 10-20 mill. kroner i fem år, og med positiv evaluering vil perioden kunne utvidast med ytterlegare fem år.
Satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) skal bringe Noreg på høgde med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking. Satsinga har støtte frå alle dei aktuelle norske forskingsmiljøa og er forankra i Forskingsrådet. Det er sett av 100 mill. kroner av fondsavkastninga til dette formålet i 2002. Midlane vil i hovudsak bli brukte til innkjøp av utstyr og til rekruttering av forskarar. For 2003 legg Regjeringa opp til å styrkje FUGE-satsinga med 50 mill. kroner over dei ordinære løyvingane til Noregs forskingsråd.
Regjeringa vil auke innsatsen innanfor forsking på nye materialar, som er eit viktig forskingsområde med stort potensial for framtidig næringsutvikling. Forskingsrådet har sett i gang ei satsing innan nanoteknologi og nye material i perioden 2002-2006. Departementet foreslår å nytte 30 mill. kroner til å styrkje dette arbeidet ytterlegare, med særleg vekt på funksjonelle materialar, jf. kap. 285.
Som eit ledd i arbeidet for å auke kvaliteten i norsk forsking, foreslår departementet å setje av 20 mill. kroner til ei ny satsing på «Framifrå unge forskarar» gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga skal gje yngre, særskilt talentfulle forskarar ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse. Eit viktig mål med satsinga er å få fram gode framtidige forskingsleiarar. Satsinga skal vere aktuell for alle fagområde.
Av andre kvalitetstiltak som blir finansierte over denne kategorien, kan nemnast Senter for grunnforsking - tidlegare Senter for høyere studier (SHS) - ved Det Norske Videnskaps-Akademi og Simula-senteret på Fornebu, som driv med IKT-forsking. Regjeringa ønskjer å styrkje slike kvalitetsmiljø, og går inn for å auke løyvingane til desse sentra, jf. kap. 285 post 52 og kap. 287post 71.
Frå 1. januar 2002 er det oppretta eit statleg fond på 200 mill. kroner til minne om matematikaren Niels Henrik Abel, jf. kap. 287. Avkastning av fondet skal gå til å finansiere ein internasjonal matematikkpris og til ulike tiltak for å styrkje matematikkfaget. Abel-prisen skal delast ut første gong i 2003. Departementet har gitt Det Norske Videnskaps-Akademi ansvaret for å forvalte avkastninga og peike ut prisvinnaren.
Mål: Eit velfungerande forskingssystem
Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremmer kvalitet, synergi og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske prioriteringar blir gjennomførde. Løyvingane over kategori 07.70 skal medverke til dette.
Eit nytt forskingsråd
Ei omfattande evaluering av Noregs forskingsråd vart overlevert til Utdannings- og forskingsdepartementet ved årsskiftet. Regjeringa vil føre vidare eit system med eitt forskingsråd, men går inn for store forandringar i organiseringa og styringa av Forskingsrådet. Forskingsrådet vil få færre avdelingar og eit sterkare hovudstyre med færre medlemmar enn i dag. Ei funksjonsdeling vil bli lagt til grunn for den interne organiseringa av Forskingsrådet. Avdelingane vil framleis ha styre, men desse vil bli tett kopla opp mot hovudstyret. Forskingsrådet må bli ein meir open arena og vere i dialog med langt fleire enn i dag. Dette gjeld mellom anna i strategiarbeidet. Forskingsrådet vil framleis vere ein viktig rådgjevar for Regjeringa i forskingspolitiske saker, men også andre aktørar vil bli trekte inn. For meir omtale av saka, sjå kap. 3 i hovudinnleiinga.
Andre institusjonar
Gjennom vedtektene har Forskingsrådet fått eit særskilt strategisk ansvar for instituttsektoren. Innsatsen til Forskingsrådet har ført til at grunnlaget for ein meir heilskapleg instituttpolitikk no er lagt. Mellom anna har rådet innført eit systematisk evalueringsarbeid som skal medverke til auka kvalitet i denne sektoren. I 2000 og 2001 gjennomførte Forskingsrådet evalueringar av forskingsinstitutta CICERO, Fafo, ISF, STEP, NIFU og NOVA. Evalueringane ga i hovudsak eit positivt bilete av desse institutta. Tilrådingane var konkrete og førte mellom anna at institutta sjølve sette i verk tiltak for å betre kvaliteten på forskinga Frå Forskingsrådet si side vart evalueringane lagde til grunn ved tildelinga av basisløyvingar for 2002.
Departementet vil framleis gi basisløyvingar til forskingsinstitutt via Noregs forskingsråd. Forskingsrådet skal leggje stor vekt på kvalitet ved tildeling av basisløyvingar og arbeide for å fremme samarbeid og arbeidsdeling mellom institutta, og mellom institutt og universitet/høgskolar. I dei siste ti åra er det gjennomført evalueringar, av dei samfunnsvitskaplege institutta. Forskingsrådet vil no vurdere om det er behov for ein ny runde med evalueringar og korleis dei i så fall skal leggjast opp.
Dei større institusjonane som får midlar direkte over kategori 07.70, er organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Unntaket er Meteorologisk institutt, som er eit ordinært statleg forvaltningsorgan. Instituttet arbeider med å skilje marknadsverksemda si frå dei statsfinansierte tenestene. Også organiseringa av flyvêrtenesta er under vurdering. Departementet vil sjå på ulike modellar for organisering av instituttet.
Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) er ei tverrfagleg infrastrukturteneste for norsk forsking som mellom anna skal syte for tilgang til relevante data av høg kvalitet. Juridisk er NSD del av Noregs forskingsråd. For å sikre ei klårare arbeidsdeling i høve til Forskingsrådet og samstundes sikre nærleiken til brukarar og samarbeidspartnarar foreslår departementet å gjere NSD til eit aksjeselskap frå 1. januar 2003, jf. kap. 285 post 52.
Mål: Fleire forskarrekruttar og fleire kvinner i forsking
Det er ei sentral forskingspolitisk målsetjing å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar. Det er òg eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet. Gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane er høg, og på nokre fagområde er rekrutteringa sviktande. Samstundes er det ein aukande etterspurnad etter forskarkompetanse både i næringslivet og offentleg sektor. Det er derfor ei utfordring å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar dei nærmaste åra. Regjeringa har nyleg lagt fram St.meld. nr. 35 (2001-2002) om rekruttering til universitets- og høgskolesektoren. Der er det foreslått ein utvida opptrappingsplan for doktorstipendiatstillingar i høve til den som Stortinget tidlegare har vedteke, i tillegg til ei rekkje andre tiltak, jf. omtale under kategori 07.60.
Departementet finansierer doktorstipendiatstillingar både direkte over institusjonsbudsjetta, jf. kategori 07.60, og gjennom dei faglege løyvingane til Noregs forskingsråd, jf. kap. 285 post 52. I St.meld. nr. 35 (2001-2002) er det sagt at departementet - i samråd med Noregs forskingsråd - vil vurdere om den vidare opptrappinga i hovudsak skal skje ved å opprette nye stillingar ved institusjonane. Departementet ser det som formålstenleg å nytte begge desse finansieringskanalane. Forskingsrådet skal ha eit nasjonalt ansvar for disiplinutvikling og for mobilitet i forskinga. Doktorstipendiatstillingar er eit viktig verkemiddel for å oppnå dette. Mellom anna har Forskingsrådet sett som mål at alle norske doktorgradskandidatar skal studere ei tid ved eit utanlandsk forskingsmiljø.
Regjeringa foreslår å opprette 200 nye doktorgradsstipend i 2003 under kategori 07.60. I tillegg kjem det midlar til nye stipendiatar over Forskingsrådets budsjett gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet på kap. 286 post 50 og gjennom forskingsløyvingar frå andre departement. Departementet føreset at alle nye stipendiatar blir fullfinansierte. For meir omtale av doktorgradsstipend, sjå omtalen under del I kap. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet og kategori 07.60.
Gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagt doktorgrad og fleksible ordningar for tilsetjing er viktig for å halde på gode doktorgradskandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Postdoktorstillingar kan lette overgangen frå doktorgrad til fast stilling og sikre at gode forskarar blir i systemet. Slike stillingar kan òg nyttast til å fremme mobilitet blant forskarar, både nasjonalt og internasjonalt. Her spelar Forskingsrådet ei særskild viktig rolle. Forskingsrådet skal derfor halde fram med å prioritere postdoktorstillingar ved oppretting av nye rekrutteringsstillingar.
Talet på kvinner i akademiske stillingar ved universiteta og høgskolane har auka i dei siste åra. Det syner at arbeidet med likestilling har hatt effekt. Framleis er det dårleg kvinnerepresentasjon mellom anna i tekniske fag og nokre realfag, og det er få kvinner i akademiske toppstillingar. På oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet leverte Forskingsrådet i mai 2002 rapporten om «Kvinner i forsking». Rapporten tek spesielt føre seg situasjonen ved universitet og høgskolar, og tilrår at ein set i verk ei rekkje tiltak på området. Den sentrale konklusjonen er at likestillingsperspektiv må integrerast i heile verksemda ved institusjonane. Departementet følgjer opp dette.
Forskingsrådet skal framleis medverke til at talet på kvinner i forskingssystemet aukar. Rådet skal styrkje innsatsen både for å heve kvinneprosenten på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste vitskaplege stillingar, særleg toppstillingar. Rådet bør halde fram gjeldande praksis med moderat kjønnskvotering og arbeide for å få fleire norske kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna gjennom å opne for større fleksibilitet ved støtte til forskaropphald i utlandet. Jf. elles omtale under kategori 07.60.
Kap. 283 Meteorologisk institutt (jf. kap. 3283)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 240 387 | 231 455 | 251 575 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 70 714 | 65 701 | 68 263 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 8 558 | 9 597 | 9 751 |
70 | Den meteorologiske verdsorganisasjonen | 2 403 | ||
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt , kan overførast | 42 544 | 49 129 | 42 129 |
Sum kap. 283 | 364 606 | 355 882 | 371 718 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Kap. 283 post 01 er oppjustert med 8 mill. kroner mot ei parallell oppjustering av kap. 3283 postane 02 og 05 sett under eitt.
Kapitlet omfattar:
drift av Meteorologisk institutt (met.no)
tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid
Tilskottspost 72 har eigen omtale nedanfor.
Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet har også viktige oppgåver i samband med klimastudium, meteorologifagleg forsking og utvikling og innanfor beredskap. Beredskapstenestene omfattar mellom anna varsling ved atomulykker og ved utslepp til luft eller hav. Instituttet har om lag 465 tilsette. Hovudkontora ligg i Oslo, Bergen og Tromsø. I tillegg er vêrtenestekontor og observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.
Resultatrapport for 2001-02
Kvaliteten av lokalvarslinga er auka ved betre tilgang på radardata, utvikling av modellar og tekniske hjelpemiddel i varslinga. Auka tilgang på superdatakraft (tungrekning) har vore viktig, jf. kap. 281 post 01.
Eit omfattande moderniserings- og oppgraderingsarbeid av observasjonsstasjonane til instituttet har teke til. I 2001 vart 15 nye automatiske vêrstasjonar etablerte, og Ørland radiosondestasjon vart automatisert. Gardermoen radiosondestasjon vart lagd ned, medan ein ny stasjon vart oppretta på Blindern. Bygginga av ein ny vêrradar i Rissa vart starta, og byggjemeldinga om ny radar i Bømlo vart godkjend. Begge radarane vil etter planen bli sette i drift hausten 2002.
Meteorologisk institutt tek del i fleire internasjonale klimaprosjekt. Vidare har instituttet bygd opp eit nasjonalt servicesenter for klimamodellering som gir assistanse til andre institusjonar som driv klimaforsking.
Meteorologisk institutt har ei rekkje viktige miljøoppgåver, mellom anna i samband med varsling av luft- og havforureining. Instituttet spelar ei sentral rolle i det europeiske samarbeidet om varsling av langtransportert luftforureining. På lokalt plan har instituttet utvikla nye modellar for å rekne ut luftforureininga i dei største norske byane. Innanfor havforureining har instituttet i samarbeid med Havforskingsinstituttet arbeidd aktivt med å utvikle ein felles nordisk modell for å varsle algevekst og næringssalt.
For betre å kunne skilje den kommersielle verksemda frå kjernetenesta vart det etablert ein separat rekneskap for marknadsavdelinga. Vidare vart det oppretta ein leveranseavtale mellom meteorologidivisjonen og marknadsavdelinga.
Resultatmål for 2003
Viktige mål for instituttet i 2003 vil vere:
å auke kvaliteten på regionale og lokale varsel og medverke til å betre kunnskapen om klimaet
å modernisere det nasjonale observasjonsgrunnlaget, samt å føre vidare utbygginga av eit vêrradarnett i Noreg
å utnytte forskingsressursane betre på satsingsområda varsling, klima og transport av forureining i luft og hav, og å oppnå synergieffektar av oppdragsforskinga og den statsfinansierte forskinga innanfor desse områda
å effektivisere flyvêrtenesta
å utnytte internasjonale data og ressursar på ein slik måte at det fører til betre og meir kostnadseffektive meteorologiske tenester
å følgje opp Regjeringa sitt mål om døgnopen forvalting
å sikre at skiljet mellom den offentlege meteorologiske tenesta og den kommersielle verksemda tilfredsstiller internasjonale og nasjonale konkurransereglar
å vere marknadsleiande og retningsgivande innanfor kommersielle meteorologiske tenester i Noreg, og såleis sikre god lønnsemd i den kommersielle verksemda
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga blir ført vidare på dagens nivå. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3283 postane 02 og 05, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
På post 21 kan instituttet utføre spesialtenester og oppdrag for offentlege og private institusjonar mot betaling. Utgifter i samband med dei vesteuropeiske meteorologiske tenestene om kommersiell utnytting av data og produkt (ECOMET) vil også bli førde på post 21. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. Instituttet kan berre tilsetje i oppdragsfinansierte stillingar i den grad eksterne finansieringskjelder dekkjer lønnsutgiftene.
Post 45 gjeld utbygging og modernisering av utstyr, medrekna utbygging av vêrradarnettet. Løyvinga på post 45 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3283 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt, kan overførast
Midlane går i hovudsak til kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Europeisk organisasjon for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)
European Centre for Medium Range Weather Forecasts (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, EGOS, EuroGOOS og HIRLAM)
Målsetjing
Formålet med tilskottet er at Noreg gjennom si deltaking i organisasjonane skal kunne medverke til og dra nytte av internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar innanfor meteorologi.
Rapport for 2001-02
Meteorologisk institutt er ein aktiv deltakar i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. Instituttet har mellom anna leidd to av dei åtte tekniske kommisjonane innanfor WMO. Innanfor ECMWF har implementering av ny høgfartsreknekapasitet vore ei sentral oppgåve. I EUMETSAT vart det fatta vedtak om å setje i gang eit program for satellittbaserte målingar av topografien i havet. Ein ny vêrsatellitt frå EUMETSAT vart skote opp i august 2002. Data frå satellitten vil medverke til meir eksakte vêrvarsel i store delar av Europa, inkludert sørlege delar av Noreg. I EUMETNET-regi var instituttet med på å utarbeide eit integrert observasjonssystem for hav- og kystområda.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget byggjer på vedtekne budsjett frå organisasjonane. Forslaget inneber ei vidareføring av aktivitetsnivået for 2002.
Kap. 3283 Meteorologisk institutt (jf. kap. 283)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 65 833 | 65 585 | 68 143 |
02 | Salsinntekter o.a. | 23 140 | 11 478 | 22 926 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 59 | 59 | 59 |
05 | Refusjon for flyvêrtenester | 69 717 | 70 092 | 69 826 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 031 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 71 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 160 | ||
Sum kap. 3283 | 163 011 | 147 214 | 160 954 |
I høve til 2002 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 02 er oppjustert med 11 mill. kroner, og post 05 er nedjustert med 3 mill. kroner, mot ei parallell oppjustering av kap. 283 post 01.
Post 02 gjeld inntekter frå mindre, særskilde tenester og refusjonar for tenester instituttet utfører for andre institusjonar i Arktis. Tilskott frå andre land til kjøp av vêr- og miljøskipstenester utførte av vêrskipet «Polarfront» blir også førte på post 02.
Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter OECDs retningslinjer. Post 05 gjeld refusjon frå Luftfartsverket for utgifter som Meteorologisk institutt har til flyvêrtenesta.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
52 | Forskingsformål | 639 020 | 704 605 | 952 750 |
55 | Administrasjon | 173 187 | 179 808 | 196 736 |
Sum kap. 285 | 812 207 | 884 413 | 1 149 486 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 52 er nedjustert med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande oppjustering på kap. 287 post 54.
Post 52 er oppjustert med 14,8 mill. kroner i samband overgang til direkte innbetaling av pensjonsinskott til Statens pensjonskasse
Kapitlet omfattar:
løyving til forskingsformål gjennom Noregs forskingsråd
administrasjonskostnader til Noregs forskingsråd
Post 52 Forskingsformål
Løyvingane til Forskingsrådet over post 52 Forskingsformål blir nytta til å finansiere forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helse, naturvitskap og teknologi, miljø og utvikling og til forskarrekruttering innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, forsking knytt til medlemskap i internasjonale program og institusjonar (følgjeforsking), strategiske fellesfunksjonar og informasjon. Formidling av kunnskap er òg eit sentralt krav til dei faglege løyvingane.
Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål
(i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Fagområde | 2000 | 2001 | 2002 | Forslag 2003 |
Humaniora | 87 | 89 | 96 | 103 |
Samfunnsvitskap | 79 | 82 | 85 | 83 |
Medisin og helse | 104 | 106 | 113 | 117 |
Miljø og utvikling | 43 | 45 | 45 | 47 |
Naturvitskap og teknologi2) | 211 | 226 | 235 | 291 |
Industri og energi | - | - | - | 6 |
Rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren | 18 | 18 | 18 | 19 |
Strategiske fellesfunksjonar | 38 | 40 | 41 | 36 |
Informasjon | 7 | 10 | 11 | 11 |
FUGE1) | - | - | - | 50 |
Framifrå unge forskarar | - | - | - | 20 |
Vitskapleg utstyr | 25 | 23 | 20 | 113 |
Kompensasjon for auka pensjonsutgifter | - | - | 41 | 57,35 |
SUM | 612 | 639 | 705 | 953 |
1) I tillegg blir 100 mill. kroner av avkastninga frå forskingsfondet nytta til FUGE, jf. kap. 286.
2) Løyvinga til naturvitskap og teknologi inkluderer ei satsing på forsking på nye materialar og auka løyving til Simula-senteret på Fornebu.
Løyvinga til forskingsformål er ei hovudkjelde for fagutvikling i alle disiplinar. Midla blir i stor grad fordelte til forskarinitierte prosjekt. Konkurranse og fagfellevurderingar sikrar at midla fremmer kvalitet. Forskingsrådet har som mål å utvikle beste internasjonale praksis for fagfelleevalueringar på alle fagområde.
Løyvingane blir fordelte på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er støtte til frie prosjekt og program. Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga. Fri prosjektstønad kan gå til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstipend, postdoktorstipend og utveksling av forskarar. På denne måten vil dei frie prosjekta også støtte opp under andre mål som rekruttering og internasjonalisering.
Del frie prosjekt som prosent av den faglege løyvinga til Forskingsrådet fordelt på fagområde (jf. kap. 285 post 52)
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|---|
Humaniora | 52 % | 51 % | 54 % | 57 % |
Samfunnsvitskap | 38 % | 37 % | 36 % | 35 % |
Medisin og helse | 63 % | 63 % | 70 % | 69 % |
Miljø og utvikling | 58 % | 62 % | 58 % | 55 % |
Naturvitskap og teknologi | 54 % | 47 % | 51 % | 50 % |
Tabellen over viser at delen frie prosjekt varierer mellom dei ulike fagområda. Den er lågast for samfunnsvitskap og høgast for medisin og helse. Utviklinga over tid viser små endringar, men med ein auke for medisin og helse, som har hatt ein særskild strategi for å auke frie prosjekt. Forskingsrådet skal auke delen frie prosjekt på sikt. Dette er særskilt viktig innanfor samfunnsvitskap.
Programma har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går dels til grunnforskingsprogram og dels til delfinansiering av handlingsretta program.
Løyvinga på kapitlet skal òg nyttast til å følgje opp fagevalueringar. Fagleg kvalitet og fornying er også her sentrale element. Departementet ber Forskingsrådet halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø. Forskingsrådet skal òg styrkje arbeidet med oppfølging av evalueringane.
Strategiske program og støtte til avansert vitskapleg utstyr er tiltak som skal leggje til rette for auka kvalitet i norsk forsking og støtte opp under forskingsstrategiar ved institusjonane. Forskingsrådet gir òg støtte til kontingentar, informasjon, formidling, evalueringsverksemd samt stimuleringstiltak og nettverksbygging.
FUGE
Satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) er basert på ein plan utarbeidd i samarbeid mellom dei sentrale norske forskingsmiljøa på dette feltet. Målet med satsinga er å bringe Noreg på høgda med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking i løpet av fem år. Regjeringa har sett av 100 mill. kroner av fondsavkastninga til formålet i 2002. For 2003 legg Regjeringa opp til å styrkje FUGE-satsinga med 50 mill. kroner over dei ordinære løyvingane til Forskingsrådet. For meir omtale av FUGE, sjå kap. 286 post 50.
Framifrå unge forskarar
Som eit ledd i arbeidet for å auke kvaliteten i norsk forsking, er det i 2003 sett av 20 mill. kroner til ei ny satsing på «Framifrå unge forskarar» gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga skal gi yngre, særskilt talentfulle forskarar innan alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse. Eit viktig mål med satsinga er å få fram gode framtidige forskingsleiarar.
Vitskapleg utstyr
Forskingsrådet har eit særskilt utstyrsutval med representantar frå universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. Utvalet har til oppgåve å fordele midlar til vitskapleg utstyr, leggje opp ein nasjonal utstyrsstrategi og samordne innkjøp av utstyr mellom institusjonane.
Resultatrapport for 2001-02
I 2001 hadde Forskingsrådet i alt 73,7 mill. kroner til fordeling på avansert vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet. Av desse kom 10 mill. kroner frå kap. 285 gjennom området Naturvitskap og teknologi og 40 mill. kroner frå avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. I løpet av året vart det gitt midlar til i alt 32 nye prosjekt, det høgaste talet sidan 1997.
Det vart mellom anna løyvt midlar til utstyr til eit nasjonalt nettverk for genomforsking, til eit visualiseringslaboratorium ved NTNU, til osceanografiske undervatnriggar ved Universitetsstudia på Svalbard og til ei større utstyrsinvestering knytt til LHC-eksperimentet ved CERN.
Ordninga med utstyrsutval har vorte evaluert og fått god attest. Evalueringa tilrådde at arbeidet bør halde fram. Satsinga har betra utstyrssituasjonen noko, men framleis er det store behov for nytt vitskapleg utstyr.
Resultatmål for 2003
Departementet foreslår å nytte 113 mill. kroner til vitskapleg utstyr på dette kapitlet. På bakgrunn av evalueringa av utstyrssatsinga skal Forskingsrådet føre vidare ordninga med eit eige utstyrsutval.
Humanistisk forsking
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 89 mill. kroner til humanistisk forsking i 2001. I 2002 er løyvinga 96 mill. kroner.
For 2001 føresette departementet at nivået på fri prosjektstøtte skulle haldast oppe, og at humanistiske grunnforskingsprogram skulle førast vidare på same nivå som i 2000. Forskingsrådet har følgt opp dette. Noko over halvparten av midlane til humanistisk forsking frå departementet gjekk til fri prosjektstøtte. I fordelinga av fri prosjektstøtte vart det lagt vekt på støtte til større prosjekt som kan fornye fag og fagmiljø, på rekruttering og internasjonaliseringstiltak.
Ein tredel av midlane frå departementet i 2001 gjekk til humanistiske grunnforskingsprogram, likt med året før. Forskingsrådet har òg tverrfaglege program som femner om både humanistiske og samfunnsvitskaplege problemstillingar. Antikkprogrammet, Program for bibliotekforsking og Etikkprogrammet vart avslutta i 2001. Programma har fått fram ein ny generasjon forskarar innanfor klassisk filologi, auka talet på doktorandar og danna møteplassar for fagleg utveksling på deira fagområde.
I 2001 gjennomførte Forskingsrådet ei evaluering av lingvistikk. Evalueringa slo fast at kvaliteten på forskinga innanfor utvalde nøkkelområde generelt held høg kvalitet, men at det er behov for å auke omfanget av publisering i internasjonale fagtidsskrift. Evalueringa tilrår mellom anna å styrkje det nasjonale samarbeidet om fellesprosjekt, forskarutdanning og rettleiing.
Urfolksnettverket, som har vore finansiert av Forskingsrådet mellom 1997 og 2001, har styrkt samarbeidet mellom samiske forskingsmiljø ved Universitetet i Tromsø, Samisk høgskole og Nordisk Samisk Institutt.
Program for samisk forsking vart oppretta i 2001. Samstundes har arbeidet med å gjere synleg og inkludere samisk forsking i andre program og tiltak ført fram. I 2001 vart nær 8 mill. kroner løyvde til samiske prosjekt utanom det særskilde programmet. Dei fleste fagområda var representerte i prosjekttildelingane.
For meir informasjon om Forskingsrådet sine satsingar innanfor humanistisk forsking, sjå www.forskingsradet.no/fag/ks
Resultatmål for 2003
Løyvinga til humanistisk forsking skal i 2003 vere om lag 103 mill. kroner. Delen fri prosjektstøtte og grunnforskingsprogram skal førast vidare på same nivå som i 2002. Løyvinga skal òg nyttast til å følgje opp evalueringa av lingvistikk. Kvalitetstiltak skal prioriterast. Program for samisk forsking skal styrkjast med 3 mill. kroner. Det skal særleg leggjast vekt på langsiktige problemstillingar, jf. St.meld. nr. 34 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere samisk utdanning og forskning.
Samfunnsvitskapleg forsking
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 82 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2001. I 2002 er løyvinga 85 mill. kroner.
For 2001 føresette departementet at nivået på fri prosjektstøtte skulle haldast oppe, og at grunnforskingsprogramma og grunnløyvinga til NSD skulle førast vidare på same nivå som i 2000. 36 pst. av løyvinga gjekk til frie prosjekt i 2001. Det er ein svak nedgang i høve til 2000. Ramma til grunnforskingsprogram utgjorde 33 pst. av løyvinga i 2001. Det er ein liten auke i høve til 2000, som skriv seg frå oppstart av «Program for samisk forsking». Grunnløyvinga til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste vart ført vidare på same nivå som før.
Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk mellom anna til programma «Offentlig sektor i endring», «Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State» (ARENA) og «Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanninga» (KUPP), som alle har hovudfinansieringa si frå Utdannings- og forskingsdepartementet.
Forskingsrådet starta i 2001 ei evaluering av statsvitskap i Noreg. Evalueringa er venta ferdig i 2002. Det er også starta ei utgreiing om rekrutteringssituasjonen innanfor dei juridiske faga.
For meir informasjon om Forskingsrådet sine satsingar innanfor samfunnsvitskapleg forsking, sjå www.forskingsraadet.no/fag/ks
Resultatmål for 2003
Løyvinga til samfunnsvitskapleg forsking skal vere om lag 83 mill. kroner. Løyvinga er redusert med 5 mill. kroner i samband med opprettinga av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste som aksjeselskap. Forskingsrådet skal minst halde oppe nivået på fri prosjektstøtte. Bygging av internasjonale nettverk og andre kvalitetstiltak skal priorierast. Evalueringa av statsvitskap skal følgjast opp.
Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) - omdanning til aksjeselskap
Regjeringa foreslår å gjere NSD om til aksjeselskap, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
NSD har som formål å vere eit serviceorgan for norsk forsking, og skal sørgje for tilgang til forskingsdata og fremme bruk av data i forsking og undervisning. NSD har også oppdragsverksemd, og tek del i ulike former for internasjonalt samarbeid, mellom anna i forskings- og utviklingsprogram innanfor EU.
NSD er i dag del av Noregs forskingsråd, men fungerer reelt som ei sjølvstendig fagleg verksemd. I tråd med forskingspolitiske intensjonar har det lenge vore ein prosess der underliggjande einingar er skilde ut frå Forskingsrådet, for å få ei klarare arbeidsdeling.
Ei organisering av NSD som sjølvstendig rettssubjekt gjer det tydeleg at Forskingsrådet og NSD fagleg sett har ulike oppgåver og ansvar. Så vel styret i NSD som Forskingsrådet har anbefalt å skilje ut NSD som aksjeselskap. Dei tilsette ved NSD har vore positive til anbefalinga. Departementets gjennomgang syner at eit aksjeselskap er best eigna til å møte dei behova NSD har til fritt å drive verksemda si, og møte dei behova staten har for overordna styring og kontroll.
Departementet legg opp til at tenestetilbodet til NSD skal ha om lag same omfang og innhald som i dag. Omorganiseringa til aksjeselskap inneber derfor berre ei endring av tilknytingsform til staten. Etableringa av NSD som aksjeselskap vil skje ved at alle eigedelar, rettar og plikter som trengst for at NSD skal drive verksemda, blir overførde til det nye selskapet.
Departementet skal inntil vidare forvalte dei statlege eigarinteressene. Ein tek sikte på å overføre dette ansvaret til sentrale brukarar frå universitets- og høgskolesektoren så snart som råd.
Omorganiseringa inneber overføring av verksemd etter arbeidsmiljølova kap. XII A. Det nye selskapet tek over arbeidsgivaransvaret for dei tilsette, som beheld lønns- og arbeidsvilkåra sine.
Departementet foreslår å opprette det nye selskapet frå 1. januar 2003, jf. forslag til vedtak IV nr. 6.
I 2001 hadde NSD ei samla omsetning på nærare 28 mill. kroner. Om lag halvparten kom gjennom Forskingsrådet, medrekna basisløyvinga på 8 mill. kroner frå Utdannings- og forskingsdepartementet. I tillegg får NSD midlar frå departementa og andre offentlege og private kjelder. Studentar og forskarar betaler normalt ikkje for å bruke tenestene til NSD. Departementet føreset at basisløyvinga til NSD blir ført vidare på om lag same nivå som i dag. Basisløyvinga skal i første rekkje dekkje utgifter for datafagleg sakshandsaming, tenesteyting overfor forskarar og studentar og drift av sentrale databasar.
Departementet legg vekt på at alle inntekter og utgifter som er knytte til sal og oppdrag, blir synleggjorde på ein måte som viser at det ikkje skjer kryssubsidiering av tenester som er konkurranseutsette. Overskott frå kommersielle aktivitetar skal som anna inntekt støtte opp under det ideelle formålet med selskapet. Departementet finn det ikkje naturleg å fastsetje krav om avkastning frå verksemda.
Etter aksjelova § 2-8 skal det setjast opp ein opningsbalanse for selskapet etter rekneskapslova. Det inneber at tingsinnskott ikkje kan bli ført i balansen med eit høgare beløp enn marknadsverdien på tidspunktet for omdanninga. Prinsippa for verdifastsetjing og opningsbalanse er baserte på ei tilråding frå eit uavhengig rådgjevarfirma. Ettersom det gjeld omdanning av eksisterande verksemd, byggjer vurderinga på kontinuitetsprinsippet. Aksjelova §3-4 set krav om at eigenkapitalen skal vere forsvarleg ut frå risiko og omfang på verksemda. Departementet foreslår at det nye aksjeselskapet får 50 pst. eigenkapitaldel. Den estimerte opningsbalansen per 1. januar 2003 vil etter dette sjå slik ut:
Eigedelar | Kroner |
---|---|
Inventar og kontormaskiner | 1 000 000 |
Kundefordringar og andre fordringar | 4 300 000 |
Likvidar | 10 700 000 |
Sum eigedelar | 16 000 000 |
Eigenkapital og gjeld | |
---|---|
Eigenkapital | 8 000 000 |
Påløpte lønnsforpliktelser | 2 850 000 |
Leverandørgjeld og anna kortsiktig gjeld | 5 150 000 |
Sum eigenkapital og gjeld | 16 000 000 |
Ettersom det gjeld omorganisering av løpande drift, kan opningsbalansen avvike noko frå den estimerte. NSD har eigne verdiar svarande til 3 mill. kroner. Dette gir ein uforsvarleg låg eigenkapital i selskapet. Departementet foreslår derfor at selskapet får ein kapitaltilførsel på 5 mill. kroner som innbetaling til aksjekapitalen. Departementet foreslår at midlane blir tatt frå eit reservefond som er bygd opp i Forskingsrådet av NSD. Midlane er bygd opp gjennom mange år, mellom anna for å møte andre finansieringsbehov. Samla eigenkapital blir dermed på 8 mill. kroner. Av budsjettekniske grunnar foreslår departementet å ta løyvinga frå kap. 285 Noregs forskingsråd, post 52 Forskingsformål, mot ein tilsvarande auke på kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar, post 90 Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar. Departementet føreset at reduksjonen i løyvinga på kap. 285 post 52 blir kompensert frå reservefondet.
Departementet legg til grunn at opningsbalansen er sett opp i samsvar med aksjelova og rekneskapslova. Det blir teke atterhald om at verksamda vil bli nærare gjennomgått etter reglane om statsstøtte i EØS-avtalen.
Departementet føreset at Forskingsrådet nyttar resten av fondsmidlane i samband med tildeling av basisløyving og prosjektmidlar til NSD.
Medisinsk og helsefagleg forsking
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 106 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2001. I 2002 er løyvinga 113 mill. kroner.
For 2001 føresette departementet at støtta til frie prosjekt skulle førast vidare på minst same nivå som i 2000, og at grunnforsking og forskingsfelt som ikkje har alternative finansieringskjelder, skulle prioriterast. Departementet føresette òg at tiltak for auka rekruttering av forskarar, særleg innanfor områda medisin, odontologi og psykologi, skulle førast vidare.
I tildelinga til frie prosjekt er det lagt vekt på rekruttering, internasjonalisering og større konsentrasjon av midlar for å fremme kvalitet. Internasjonalt forskingssamarbeid vart høgt prioritert, ved både forskarutveksling og deltaking i EUs rammeprogram.
Det er framleis eit stort problem å rekruttere nok legar, tannlegar og psykologar til medisinsk forsking. For å auke talet på legar til forsking har Forskingsrådet mellom anna auka talet på studentstipend i dei seinare åra. I 2001 var det over 90 studentstipendiatar, meir enn tre gonger så mange som då ordninga vart sett i verk i 1998/1999. Rådet finansierte òg 65 sommarstipend i 2001. I tillegg gir Forskingsrådet frå hausten 2002 stipend til medisinstudentar ved forskarlinjene i medisin som er oppretta ved dei fire universiteta, jf. omtale under kategori 07.60.
Toppforskingsprogrammet, som tek sikte på å gi særleg talentfulle yngre forskarar best moglege arbeidsvilkår, har eksistert sidan 1996 og skal evaluerast våren 2003. Programmet har lykkast med å få monaleg privat finansiering. Forskingsrådet har i 2001 og 2002 òg støtta 18 internasjonalt akta forskingsmiljø ved universiteta med ei rammeløyving kalla miljøstøtte.
For meir informasjon om Forskingsrådet sine satsingar innanfor medisinsk og helsefagleg forsking, sjå www.forskingsradet.no/fag/mh.
Resultatmål for 2003
Løyvinga til medisinsk og helsefagleg forsking skal i 2003 vere 117,2 mill. kroner. Delen frie prosjekt skal førast vidare på same nivå som i 2002. Forskingsrådet skal leggje vekt på nyskapande forsking og internasjonalisering. Biofagevalueringa skal følgjast opp. For å styrkje rekrutteringa av forskarar innanfor medisin, odontologi og psykologi skal talet på studentstipend aukast. Forskingsrådet skal òg finansiere studentstipend til forskarlinjene i medisin ved universiteta.
Miljø- og utviklingsforsking
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 45 mill. kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2001. I 2002 er løyvinga ført vidare på same nivå.
For 2001 føresette departementet at aktivitetane skulle førast vidare på same nivå som i 2000, og at prioriteringa av frie prosjekt skulle halde fram, klima- og ozonforsking skulle ha høg prioritet, og utvikling av tverrfagleg kompetanse skulle styrkjast. Forskingsrådet vart spesielt bedt om å å følgje opp arbeidet med ein bilateral avtale mellom Noreg og USA om polarforsking. Forskingsrådet har følgt opp føringane. Delen frie prosjekt er nærare 60 pst., og utvikling av faglege nettverk og kontaktar på tvers av disiplinar har vore i fokus. National Science Foundation i USA og Noregs forskingsråd underteikna hausten 2001 ein avtale om polarforsking. Norske fagmiljø har store forventningar til det potensialet avtalen gir for vidare forsking.
Som ledd i arbeidet med å profilere utviklingsforskinga fekk Forskingsrådet utarbeidd rapporten «Norsk utviklingsforsking - utviklingstrekk og utfordringer» i 2001. Forskingsbehov knytte til klimaendringar stod òg sentralt i 2001. Forskingsrådet har hatt fokus på tverrfagleg miljøforsking, og har mellom anna utarbeidd ein handlingsplan for handtering av fleire og tverrfaglege problemstillingar innanfor miljø- og utviklingsforskinga.
For meir informasjon om Forskingsrådet sine satsingar innanfor miljø- og utviklingsforsking, sjå http://www.forskningsradet.no/fag/mu.
Resultatmål for 2003
Løyvinga til forsking på området miljø og utvikling skal vere om lag 47 mill. kroner i 2003. Aktivitetane skal i hovudsak bli førde vidare på same nivå som i 2002 med hovudvekt på grunnleggjande forsking. Prioritering av frittståande prosjekt, klima- og ozonforsking og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse skal halde fram.
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 226 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2001. I 2002 er løyvinga 235 mill. kroner.
For 2001 føresette departementet at nivået på frie prosjekt skulle vere på same nivå som i 2000, og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare. Departementet bad om at tiltaka for å betre rekrutteringa til naturvitskaplege og teknologiske fag skulle halde fram. Det same gjeld arbeidet med å rekruttere fleire kvinner til desse faga. 10 mill. kroner av løyvinga vart øyremerka IKT-forskingssenteret Simula på Fornebu. Ein føresette òg at 10 mill. kroner av løyvinga skulle nyttast til vitskapleg utstyr.
Forskingsrådet har følgt opp føringane frå departementet. Halvparten av løyvinga gjekk til frie prosjekt. Det var ein svak auke i høve til året før. Naturvitskapleg og teknologisk forsking var det fagområdet som hadde størst auke i talet på postdoktorstipend.
I 2001 finansierte Utdannings- og forskingsdepartementet følgjande program knytt til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar: Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking (European Space Agency) og ESRF-følgjeforsking (European Synchrotron Radiation Facility). I tillegg vart følgjande grunnforskingsprogram finansierte: Berekningsorientert matematikk, Katalyse og organisk kjemi og Marine ressursar, miljø og forvaltning. Desse programma er samfinansierte med andre departement.
Vidare gjekk løyvinga mellom anna til 17 strategiske universitetsprogram, vitskapleg utstyr, Formidlingsprogrammet, diverse evalueringsaktivitetar og kontingentar til dei internasjonale organisasjonane Ocean Drilling Program, Nordic Optical Telescope og European Incoherent Scatter Radar Facility (EISCAT).
Løyvinga til IKT-senteret Simula på Fornebu vart ført vidare med ei samla ramme på 20 mill. kroner i 2001. Av desse kom 10 mill. kroner frå kap. 285. Simula-senteret var frå starten organisert som eit prosjekt under Universitetet i Oslo, men i juni 2002 vart senteret etablert som aksjeselskap.
Forskingsrådet har gjennomført fleire fagevalueringar sidan 1996. I 2001 vart biofagevalueringa avslutta. Hausten 2002 vart evalueringa av matematikkfaget avslutta. Evalueringa viser at det er høg kvalitet i norsk matematikkforsking. Nokre miljø er i verdsklasse. I framtida vil det vere ei hovudutfordring for matematikkfaget å rekruttere nye kandidatar. Det vil bli lagt fram ein fagplan for matematikkfaget basert på denne evalueringa. Det same er gjort for geofaga, biofaga, fysikkfagaog kjemifaga.
For meir informasjon om Forskingsrådet sine satsingar innanfor naturvitskapleg og teknologisk forsking, sjå www.forskingsradet.no/fag/nt.
Resultatmål for 2003
Løyvinga til naturvitskapleg og teknologisk forsking skal vere om lag 291 mill kroner. Løyvinga er auka med 30 mill. kroner til ei satsing innan nanoteknologi og nye materialar, jf. omtale under kategoriinnleiinga til 07.70. Vidare er løyvinga auka med 9 mill. kroner til opptrapping av basisløyvinga til Simula-senteret. Den vidare drifta av Sars-senteret skal samfinansierast av Universitetet i Bergen og Forskingsrådet. Frie prosjekt skal framleis prioriterast. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å følgje opp fagevalueringane innan naturvitskap og teknologi.
Rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 18 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2001. I 2002 er løyvinga ført vidare på same nivå.
I 2001 finansierte departementet i alt 45,2 stipendiatårsverk på desse innsatsområda. Av desse var 24,5 årsverk retta mot fiskeri- og havbrukssektoren og 20,7 retta mot landbrukssektoren. Delen kvinner har auka gjennom fleire år, og var i 2001 på 62 pst.
For meir informasjon om Forskingsrådet sine satsingar innanfor landbruks- og fiskeriforsking, sjå www.forskingsradet.no/fag/bf.
Resultatmål for 2003
Løyvinga til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren skal vere om lag 19 mill. kroner i 2003.
Industri og energi
Regjeringa la i april 2002 fram Ot.prp. nr. 67 (2001-2002) om endringar i lov om retten til oppfinningar som er gjorde av arbeidstakarar. Lovendringane tek sikte på å leggje tilhøva til rette for at universitet og høgskolar kan engasjere seg sterkare i arbeidet med å utnytte forskingsresultat økonomisk, i form av patent. For å følgje opp lova treng institusjonane å byggje opp kompetanse på området. Det er sett av 6 mill. kroner til FORNY-programmet over kap. 285 post 52. Løyvinga skal nyttast til rådgjeving og andre tiltak retta mot universitets- og høgskolesektoren, jf. også omtale under kap. 281.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane til Forskingsrådet omfattar mellom anna forskingspolitisk rådgiving, koordinering av budsjettarbeid og rapportering, arbeid for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.
Resultatrapport for 2001-02
Av løyvinga på posten gjekk 50 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2001. I 2002 er løyvinga 52 mill. kroner.
For 2001 føresette departementet mellom anna at Forskingsrådet skulle følgje opp utgreiinga om sentra for framifrå forsking, arbeide for å styrkje utbyttet av norsk innsats i internasjonalt forskingssamarbeid, arbeide vidare med formidlingstiltak retta mot allmenta og utvikle gode elektroniske informasjonstilbod. Forskingsrådet har følgt opp føringane frå departementet.
Ei sentral oppgåve i 2001 har vore å organisere prosessen med å velje ut dei første sentra for framifrå forsking (SFF), sjå omtale på kap. 286 post 50. Forskingsrådet har fortsett arbeidet for å fremme internasjonalisering av norsk forsking gjennom alle verkemidla sine. Ei utgreiing om korleis ein kan fremme at utanlandske forskarar i større grad kjem til Noreg for å forske, er under arbeid. I 2001 har arbeidet med innspel til EUs sjette rammeprogram for forsking og utvikling vore ei sentral oppgåve (sjå omtale i budsjettproposisjonen til Nærings- og handelsdepartementet). Gjennom EU Forskingsinfo gir Forskingsrådet informasjon og råd til forskingsmiljø og bedrifter (sjå heimesida www.forskningsradet.no/fag/eu). Forskingsrådet forvaltar òg internasjonale stipend, og i 2001 vart eit nytt tysk-norsk stipendprogram sett i verk.
Forskingsrådet har halde fram med å støtte og samarbeide med dei nasjonale forskingsetiske komiteane, for å stimulere til forskingsetisk debatt. Komiteane skal mellom anna ferdigstille ein rapport om norsk oppdragsforsking hausten 2002. Med grunnlag i ein ekspertrapport og ei brei offentleg høring utarbeidde Forskingsrådet i 2001 ei tilråding om framtidig handtering av uærlegdom i norsk forsking.
Som ein del av arbeidet med nasjonal forskingsstatistikk og indikatorar utarbeider Forskingsrådet kvart anna år rapporten «Det norske forsknings- og innovasjonssystemet - statistikk og indikatorer» i samarbeid med NIFU, STEP-gruppa og Statistisk sentralbyrå. Ein ny rapport var ferdigstilt tidleg i 2002.
Midlane til informasjon delfinansierer felles informasjons- og profileringstiltak i Forskingsrådet. I tillegg til systematisk arbeid med medie- og samfunnskontakt, nyttar Forskingsrådet Internett, publikasjonar, konferansar og diskusjonsmøte for å få merksemd og debatt om norsk forsking. Forskingsdagane 2001 hadde 850 programinnslag på landsbasis. Interessa for Nysgjerrigper-konkurransen, som skal få barn i grunnskolen interesserte i forsking, er aukande. Kvaliteten på dei innsende prosjekta blir òg stadig betre. Det er no teke initiativ til å utarbeide kurs for lærarar i prosjektmetode ved lærarutdanninga ved høgskolane.
Den allmennretta nettstaden «forskning.no», der Forskingsrådet inngår som eigarar saman med forskingsinstitusjonar over heile landet, vart lansert i april 2002. Nabolanda våre har vist stor interesse for satsinga, som har som mål å nå ut til det breie lag av folket med populærvitskapleg formidling. Ein vil i framtida særleg satse på ungdom frå 15-årsalderen, og ein vil samarbeide med skolen for å auke interessa for forsking i denne målgruppa.
Resultatmål for 2003
Løyvinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon skal vere om lag 47 mill. kroner i 2003. Løyvinga er redusert med 8,9 mill. kroner i samband med flytting av finansieringsansvaret for NIFU og STEP-gruppa. Det er lagt inn ein auke på 1 mill. kroner til å følgje opp stipendordningane under kulturavtalane. Forskingsrådet skal sikre god utnytting av norsk deltaking i dei ulike internasjonale samarbeidsprogramma og -organisasjonane. Det er særleg viktig å styrkje arbeidet med EU Forskingsinfo, i samband med at det nye rammeprogrammet trer i kraft ved årsskiftet 2002-03. Det bilaterale forskingsarbeidet skal halde fram, og den auka løyvinga på 1 mill. kroner i 2002 skal førast vidare. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å utvikle gode formidlingstiltak retta mot allmenta.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget for kap. 285 post 52 viser totalt ein auke på 35 pst. frå 2002 til 2003. Den største delen av auken er kortsiktige midlar som skriv seg frå Stortingets vedtak om å erstatte dei inntektene forskinga har fått frå tippeoverskottet med avkastninga frå 14 nye mrd. kroner i Fondet for forsking og nyskaping, jf. omtale på kap. 3286. Tippemidlane blir trekte ut med ein tredel kvart år frå 2003 til 2005. Omlegginga fører med seg eit kortsiktig overskott til forskinga på 177 mill. kroner i 2003. 150 mill. kroner av dette er førte på kap. 285 post 52. I 2005 vil overskottet falle bort.
Korrigert for det kortsiktige overskottet og for tekniske endringar er auken på posten på 13 pst. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2002, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 55 Administrasjon
Resultatrapport for 2001-02
Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer administrasjonsbudsjettet på vegne av alle departementa. Løyvinga skal dekkje den samla administrative verksemda til Forskingsrådet. Løyvinga var på 171,7 mill. kroner i 2001 og 179,8 mill. kroner i 2002. Ved årsskiftet 2001-02 var 280 årsverk knytte til administrasjonen. Det er 10 årsverk færre enn året før.
Administrasjonsbudsjettet til Forskingsrådet har vore stramt i lang tid. I samråd med departementet reduserte Forskingsrådet derfor bemanninga i 2001. Reduksjonen vart oppnådd gjennom frivillig baserte tiltak, utarbeidd av administrasjonen og fagorganisasjonane i fellesskap.
Ein har i 2001 arbeidd aktivt med å betre utnyttinga av ressursar, mellom anna ved å effektivisere rutinar og forenkle arbeidskrevjande prosessar. I løpet av tre år skal Forskingsrådet etablere heilelektroniske løysingar både for interne rutinar og i høve til FoU-miljøa. Ein har òg arbeidd med å utgreie forenkla rapportering på framdrift av FoU-prosjekt og såkalla «fastpriskontraktar», med tanke på å forenkle administrasjonen og fokusere meir på fagleg oppfølging.
Forskingsrådet administrerer ein stor del av den forskinga som blir finansiert gjennom program. Utgiftene til programadministrasjon er integrerte i programbudsjetta og var på 107,8 mill. kroner i 2001. Det utgjer ca. 5 pst. av det samla disponible programbudsjettet.
Resultatmål for 2003
Den administrative verksemda omfattar oppgåver for alle departementa, og inkluderer forvaltning og fordeling av heile budsjettet til Forskingsrådet. I 2003 skal administrasjonen særleg arbeide med å utvikle organisasjonen i tråd med føringane frå Regjeringa om ny organisasjonsstruktur, jf. omtalen i kap. 3 i hovudinnleiinga.
Budsjettforslag for 2003
Evalueringa av Forskingsrådet slo fast at organisasjonen var underbemanna i høve til dei mange oppgåvene og rollene den skal tene, og anbefalte å auke administrasjonsbudsjettet. I lys av dette og av dei store utfordringane som følgjer med omorganiseringa av Forskingsrådet, vil departementet foreslå å styrkje løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd med 10 mill. kroner i 2003, i tillegg til prisjustering.
Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Overføring til Noregs forskingsråd | 204 227 | 350 462 | 528 821 |
90 | Fondskapital | 6 000 000 | 3 000 000 | 3 000 000 |
Sum kap. 286 | 6 204 227 | 3 350 462 | 3 528 821 |
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå januar 2002 ein fondskapital på 13 mrd. kroner. Kapitalen i fondet (jf. kap. 286 post 90) er plassert som kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Førre års avkastning frå fondskapitalen blir årleg ført inn på inntektssida i statsbudsjettet (jf. kap. 3286 post 80). Løyvingane til forsking blir førte med same beløp på utgiftssida og inntektssida i statsbudsjettet. Fondet skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla, ved å finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking og forsking på tvers av sektorane, jf. Inns. S. nr. 110 (1999-2000). Det skal leggjast sterk vekt på kvalitet.
Frå og med 2002-budsjettet blir ein tredel av fondsavkastninga kanalisert direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, sjå omtale i innleiinga til kategori 07.60, medan to tredelar av avkastninga blir fordelt av Noregs forskingsråd.
Stortinget styrkte kapitalen i fondet med 14 mrd. kroner frå 1. juli 2002. Avkastninga av desse midlane skal erstatte tapet av tippeinntekter til forsking, og blir utgiftsført på kap. 285, jf. omtale under kapitla 285 og 3286.
Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd
Resultatrapport for 2001-02
Det er Forskingsrådet som innanfor overordna rammer gitt av storting og regjering er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. Avkastninga utgjorde 204,2 mill. kroner i 2001. Forskingsrådet har lagt vekt på å nytte fondsmidlane til langsiktig og grunnleggjande forsking. Ein stor del av satsingane går over fleire år. Dei tematiske satsingane i forskingspolitikken er prioriterte. I perioden 2000 til 2002 er midlane fordelte på prioriterte område som vist i tabellen under:
Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter prioriterte område (i 1 000 kroner).
Tema | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|
Senter for framifrå forsking | - | - | 70 000 |
FUGE | - | - | 100 000 |
Langsiktig, grunnleggjande forsking generelt | 22 500 | 100 700 | 110 500 |
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) | 9 500 | 12 000 | 5 500 |
Forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø | 14 000 | 22 500 | 10 000 |
Medisin og helse | 16 500 | 28 000 | 26 500 |
Marin forsking | 27 500 | 37 000 | 18 000 |
Administrasjon | - | 4 000 | 19 962 |
Saldering av budsjettet | - | - | -10 000 |
Sum | 90 000 | 204 200 | 350 462 |
Kvalitet er det fremste kriteriet ved tildeling av pengar frå fondet. Forskarutdanning, internasjonal nettverksbygging og vitskapleg utstyr er sentrale element i satsingane. 43 doktorgradsstipendiatar og 14 postdoktorstipendiatar vart finansierte med midlar frå fondet i 2001. Utanlandsstipend og gjesteforskarstipend medverkar til å styrkje kontakten med leiande forskingsmiljø i utlandet. Ein stor del av midlane går til satsingar som involverer fleire fagområde. Til dømes er det eit stort innslag av IKT- forsking innanfor den marine satsinga. I 2001 vart 40,7 mill. kroner nytta til vitskapleg utstyr innanfor dei fem prioriteringane. I 2002 går nærare halvparten av fondsavkastninga til to satsingar av stor forskingspolitisk tyding: oppstart av ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) og igangsetting av ei ny stor satsing på funksjonell genomforsking (FUGE).
Forskingsrådet har i 2001 og 2002 gjennomført ein omfattande prosess for å velje ut dei første sentra for framifrå forsking. Målet med SFF-ordninga er å heve kvaliteten på norsk forsking ved å etablere tidsavgrensa forskingssenter kjenneteikna ved ein konsentrert, fokusert og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå. Forskarutdanning inngår som ein sentral del. 131 miljø søkte om SFF-status i 2001. Etter to rundar med vurderingar av internasjonale ekspertar, vart namna på dei 13 første sentra offentleggjorde 12. juni 2002:
Vertsinstitusjon | Namn på senteret |
---|---|
Institutt for fredsforsking | Center for the Study of Civil War |
Noregs geotekniske institutt | International Centre for Geohazards |
Noregs landbrukshøgskole | Aquaculture Protein Centre |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | Center for Quantifiable Quality of Service in Communication Systems |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | International Centre for the Biology of Memory |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | Ships and Ocean Structures |
Universitetet i Bergen | Bjerknes Centre for Climate Research |
Universitetet i Bergen | Center for Integrated Petroleum Research |
Universitetet i Bergen | Periphery and Centre in Medieval Europe |
Universitetet i Oslo | Center for Molecular Biology and Neuroscience |
Universitetet i Oslo | Mathematics for Applications |
Universitetet i Oslo | Physics of Geological Processes |
Universitetet i Tromsø | Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics |
Sentra vil få ei samla løyving på 70 mill. kroner i 2002 og 140 mill. kroner frå 2003. Etter 3 år skal den vitskaplege kvaliteten ved sentra evaluerast av internasjonale ekspertar. Forskingsrådet skal òg vurdere dei administrative tilhøva ved sentra. På basis av evalueringane vil Forskingsrådet avgjere om eit senter skal avviklast etter fem år eller få løyving i fem år til.
Etter at arvestoffet til mennesket og nokre dyr, planter og mikroorganismar er kartlagt, er det vakse fram eit nytt internasjonalt forskingsområde som kallast funksjonell genomforsking. Funksjonell genomforsking nyttar nye metodar for å finne ut kva for ein funksjon dei einskilde genane og proteina har, og korleis dei verkar inn på kvarandre. Den nye kunnskapen vil gi grunnlag for ei ny forståing av biologiske prosessar. Ein ventar òg at funksjonell genomforsking vil bli ein av dei viktigaste motorane i framtidas næringsliv. Satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) er basert på ein plan som er utarbeidd i samarbeid mellom dei sentrale norske forskingsmiljøa på dette feltet. Målet med satsinga er å bringe Noreg på høgde med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking i løpet av fem år. Det er sett av 100 mill. kroner av fondsavkastninga til formålet i 2002. Midlane skal i oppstartåret i hovudsak nyttast til infrastrukturtiltak, som utstyr, støttefunksjonar, og til kompetanseoppbygging og rekruttering. Forsking på etiske, miljømessige og samfunnsmessige konsekvensar blir sett i gang som ein integrert del av satsinga.
Langsiktig, grunnleggjande forsking generelt gjeld mellom anna tverrfagleg forsking på globalisering og internasjonalisering. Ein har lagt vekt på rekruttering og internasjonalisering. Det er òg sett i gang langsiktige satsingar på materialforsking og petroleumsforsking. På desse forskingsområda har fondsmidlane løyst ut monaleg industrifinansiering. I 2002 er det sett av 20 mill. kroner til grunnforsking innan utvalde «Kompetansefelt for næringsutvikling». Tiltaket skal gi ein betre samanheng mellom grunnforsking og anvendt forsking. Vidare blir det sett i gang seks store, langsiktige satsingar. Satsingane gjeld bioprospektering, språkvitskap og teknologi, polar klimaforsking, nye materialar/nanoteknologi, fornying av offentleg sektor og grunnleggjande sjukdomsmekanismar. Løyvingane til vitskapleg utstyr er inkludert i tala for langsiktig, grunnleggjande forsking generelt.
Ei av satsingane innanfor marin forsking er bioprospektering, som er eit lovande verktøy for å finne nye, naturlege substansar som mellom anna kan nyttast til framtidige legemiddel. Innanfor IKT er det mellom anna sett i verk eit prosjekt ved Norsk Regnesentral der ein utviklar eit nytt rammeverk for analyse av jordobservasjonsdata. Rammeverket vil kunne danne basis for nye bruksmåtar av jordobservasjon, til dømes innanfor overvaking av miljøressursar over tid. Midlane til medisin- og helseforsking vart i 2001 mellom anna gitt til fem høgt kvalifiserte forskargrupper (MH-grupper). Ein har òg prioritert unge, lovande forskarar og bygging av internasjonale nettverk ved hjelp av karrierestipend, utanlandsstipend og gjesteforskarstipend. Ei av forskargruppene driv med hjerneforsking, og har oppnådd resultat som medverkar til ny forståing av korleis hugs oppstår og lagrast. Midlane innan skjeringsfeltet energi og miljø har mellom anna gått til forsking på klimaendringar og atmosfærekjemi. Eit anna spennande prosjekt tek føre seg miljøvennleg bruk av naturgass. Ambisjonen er å lage eit effektivt system for å produsere hydrogen frå fossilt brensel om bord i kjøretøy.
Resultatmål for 2003
Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal i 2003 nyttast til å støtte langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og langsiktig forsking innanfor dei fire tematiske satsingsområda. Dette er i samsvar med vedtaket i Stortinget i samband med handsaminga av forskingsmeldinga, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000) og St.meld. nr. 39 (1998-99).
I samsvar med stortingsvedtaket kan midlane frå fondet også nyttast til nye tiltak for kvalitet. Fondsmidlane skal derfor også nyttast til å følgje opp ordninga med senter for framifrå forsking. FUGE-satsinga skal førast vidare med minimum same løyving frå fondet som i 2002. I tillegg blir det løyvt 50 mill. kroner til FUGE over kap. 285 post 52, sjå kapittelomtalen.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på kap. 286 post 50 er auka med om lag 178 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2002, i samband med auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 3286.
Post 90 Fondskapital
I statsbudsjettet for 2002 auka Stortinget kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner til 13 mrd. kroner. Den 14. juni 2002 vedtok Stortinget å styrkje Fondet for forsking og nyskaping med 14 mrd. kroner (jf. Innst. S. nr. 223 (2001-2002)). Bakgrunnen for vedtaket var at dei framtidige inntektene til forsking vart reduserte som følgje av at Stortinget i mai vedtok å endre fordelinga av tippeoverskottet (jf. Innst. O. nr. 44 (2001-2002)).
Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner i 2003.
Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
80 | Avkastning | 204 227 | 525 462 | 1 251 740 |
Sum kap. 3286 | 204 227 | 525 462 | 1 251 740 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286. Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå januar 2002 ein fondskapital på 13 mrd. kroner. Frå og med 2002-budsjettet blir ein tredel av denne fondsavkastninga kanalisert direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren, medan to tredelar av avkastninga blir fordelt av Noregs forskingsråd, jf. kap. 286. Den 14. juni 2002 vedtok Stortinget å styrkje Fondet for forsking og nyskaping med 14 mrd. kroner (jf. Innst. S. nr. 223 (2001-2002)). Bakgrunnen for vedtaket var at dei framtidige inntektene til forsking vart reduserte som følgje av at Stortinget i mai vedtok å endre fordelinga av tippeoverskottet (jf. Innst. O. nr. 44 (2001-2002)). Avkastninga frå dei 14 mrd. kronene skal erstatte tapet av tippeinntekter til forsking, og blir derfor utgiftsført på kap. 285, der tippemidlane blir trekte ut. Det er gjort eit unntak for 27 mill. kroner, som i 2003 er foreslått nytta til vitskapleg utstyr ved Noregs landbrukshøgskole og Noregs vetrinærhøgskole, jf. kategori 07.60.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 6 625 | 5 369 | 3 503 |
50 | NOVA | 19 812 | 20 872 | 21 686 |
52 | Norsk Utanrikspolitisk Institutt | 14 434 | 14 931 | 15 513 |
54 | Forskingsstiftelsar | 33 965 | 36 984 | 43 516 |
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 13 131 | 15 325 | 18 423 |
72 | Til disposisjon for departementet | 2 166 | 2 225 | 2 312 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 400 | ||
90 | Niels Henrik Abels minnefond | 200 000 | ||
Sum kap. 287 | 90 133 | 295 706 | 117 353 |
I høve til budsjettet for 2002 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 54 er oppjustert med 9 mill. kroner mot ei tilsvarande nedjustering av kap. 285 post 52.
Kapitlet omfattar:
utgifter til utgreiingar
Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA)
Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI)
forskingsinstitutt som får basisløyvingar frå Noregs forskingsråd
tilskott til andre institusjonar og tiltak
disposisjonsløyvinga til departementet
Niels Henrik Abels matematikkpris
Niels Henrik Abels minnefond
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal brukast til å dekkje utgifter til utgreiingar som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I 2001 og 2002 er løyvinga i hovudsak nytta til å finansiere evalueringa av Noregs forskingsråd. Oppfølginga av evalueringa er òg dekt med midlar frå posten. Departementet har i 2002 mellom anna òg nytta midlar frå løyvinga til å koste utgreiingar om kommersialisering av forskingsresultat i Noreg og om patentering ved norske forskingsinstitusjonar.
Evalueringa av Noregs forskingsråd vart sluttført i 2001, medan delar av utgiftene først kom til utbetaling i 2002. Desse utgiftene har no falle bort, og posten er foreslått redusert med 2 mill. kroner i budsjettet for 2003.
Post 50 NOVA
Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. Instituttet skal fokusere på problemstillingar om livsløp, levekår og livskvalitet samt tenester og tiltak i velferdssamfunnet.
NOVA har eit særleg ansvar for å utføre forsking om sosiale problem, offentlege tenester og overføringsordningar. Instituttet skal forske på familien, barn og unge og oppvekstvilkåra deira. NOVA skal vidare drive forsking og utviklingsarbeid med særleg vekt på utsette grupper, og på ulike område knytte til barnevern, samt utvikle vidare den gerontologiske forskinga. Forskinga er organisert i forskargrupper og i strategiske instituttprogram. Instituttet legg stor vekt på å få i stand fagleg samarbeid på tvers av forskingsgruppene.
Resultatrapport for 2001-02
Det vart utført 68 forskarårsverk ved NOVA i 2001, fordelte på 40 kvinner og 28 menn. Fire forskarar avla doktorgraden i 2001. Basisløyvinga frå kap. 287 stod for 36 pst. av dei samla inntektene til NOVA. Det er om lag like mykje som året før. Publiseringa ved instituttet har auka monaleg. I 2001 lanserte NOVA eit nytt tidsskrift, «Tidsskrift for ungdomsforskning». NOVA har i 2001 òg etablert eit nytt strategisk instituttprogram innanfor generell barneforsking.
NOVA har i 2001 arbeidd med oppfølginga av den eksterne evalueringa som Forskingsrådet sette i verk i 2000. Instituttet har merka seg dei tilrådingane evalueringsutvalet kom med, og har grundig gått gjennom den faglege verksemda si og organisasjonsstrukturen sin. På bakgrunn av dette har NOVA utarbeidd ein strategisk plan for perioden 2002 til 2004. Planen trekkjer opp retningslinjene for fagleg utvikling, kompetanse og forskingsprofil for dei kommande åra.
Resultatmål for 2003
NOVA skal halde oppe posisjonen sin som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal vidare arbeide for å auke den internasjonale innteninga og styrkje kontakten med praksisfeltet.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga for 2003 blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 52 Norsk Utanrikspolitisk Institutt
Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Instituttet skal formidle forskingsresultat og forskingsbasert utviklingsarbeid til både særskilde brukargrupper og til allmenta.
Resultatrapport for 2001-02
Forskarane ved NUPI utførte om lag 36 forskarårsverk i 2001, noko som er ein liten auke samanlikna med året før. Kvinner stod for åtte av årsverka.
Basisløyvinga frå kap. 287 utgjorde 38 pst. av dei samla inntektene mot om lag 43 pst. året før. Samanlikna med 2000 har publiseringa, særleg i nasjonale og internasjonale vitskaplege tidsskrift, auka vesentleg.
Det vart fastsett to strategiske instituttprogram i 1998: 1) Kollektiv tryggleik og 2) Europa - integrasjon og suverenitet. Det første programmet dreier seg om innhaldet i konfliktar, responsen frå det internasjonale samfunnet og verkemåten til det multilaterale systemet. Det andre programmet omfattar politisk integrasjon, internasjonal økonomi, geopolitikk og internasjonal kriminalitet. NUPI har eigne faglege seksjonar for internasjonal økonomi og for utviklingsstudiar. Instituttet har i 2001 oppretta ei ny forskingseining for «Training for Peace»-programmet. NUPI starta i 2001 arbeidet med å gå gjennom dei strategiske instituttprogramma for å avgjere korleis dei best kan førast vidare.
NUPI gir ut nyheitsbrevet «Hvor hender det?», som i hovudsak er mynta på undervisning i grunnskole og i vidaregåande opplæring. Instituttet gir òg ut tidsskrifta «Internasjonal Politikk» og «Forum for Development Studies». I 2002 tok NUPI over ansvaret for å gi ut tidsskriftet «Nordisk Østforum», som er eit kvartalstidsskrift for studiar om Russland og Aust-Europa.
Resultatmål for 2003
NUPI skal fortsetje å vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal styrkje den eksterne innteninga og spesielt frå internasjonale finansieringskjelder. Det skal òg føre vidare arbeidet for å auke talet på kvinner i forskarstaben.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga for 2003 blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Utdannings- og forskingsdepartementet har ansvaret for basisløyvingane til fem frittståande forskingsinstitutt, sjå nedanfor. Løyvinga på posten blir stilt til rådvelde for Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele desse løyvingane. Tildelinga skal skje i samsvar med «Retningslinjer for statlig finansiering av forskningsinstitutter». Retningslinjene vart fastsette av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i 1994. Basisløyvingane skal sikre at forskinga til institutta held høg fagleg kvalitet gjennom oppbygging av langsiktig kompetanse på særskilde område. Dei skal ikkje nyttast til å subsidiere oppdragsforsking. Finansieringsstrukturen for institutta er elles omtala i St.meld. nr. 39 (1998-99).
Resultatrapport for 2001-02
Den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga i både sektoren og ved kvart av institutta. Løpande kontakt med instituttleiarane, dialogmøte med institutta, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildeling av strategiske instituttprogram er tiltak som gjer det mogleg for Forskingsrådet å fremme kvalitet i forskinga, rekruttering, samarbeidsrelasjonar og ei formålstenleg arbeidsdeling innanfor sektoren.
I 2001 har Forskingsrådet mellom anna på denne måten lagt vekt på å styrkje oppfølginga av det instituttstrategiske ansvaret sitt. I den grad det har vore mogleg, har Forskingsrådet ved tildelinga av basisløyvingar og i 2001 lagt til grunn ei viss utjamning av støttenivået mellom institutta i sektoren.
Dei utanrikspolitiske institutta utfører hovudsakleg forsking på følgjande område: utanriks- og tryggleikspolitikken til statane, borgarkrig, etniske og nasjonalistiske konfliktar, energi-, miljø- og klimapolitikken, ressursforvaltninga og polar- og djuphavsforskinga. I denne gruppa inngår tre institutt: Senter for klimaforsking (CICERO), Institutt for fredsforsking (PRIO) og Fridtjof Nansens Institutt (FNI). Det samla talet på forskarårsverk var 68 mot 67 året før. Kvinner stod for 25 av årsverka. Forskingsrådet tildelte totalt 19,8 mill. kroner i basisløyvingar til desse institutta i 2001. Av denne summen vart 2 mill. kroner fordelte til strategiske samarbeidsprosjekt mellom institutta og NUPI, og 1,6 mill. kroner fordelte til europaforsking ved FNI, NUPI og PRIO. Utanom basisløyvingane hadde dei fire institutta prosjektinntekter på 12,6 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2001. PRIO er frå 2002 vertsinstitusjon for eit av dei nye sentra for framifrå forsking. Institutt for samfunnsforsking (ISF) og Fafo - institutt for arbeidslivs- og velferdsforsking driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd og internasjonale tilhøve. Den samla basisløyvinga til desse institutta var på 12,6 mill. kroner i 2001. I tillegg kjem støtte frå Forskingsrådet til prosjekt på 22,3 mill. kroner. Institutta utførte 106 forskarårsverk i 2001. Det er ein auke på to frå året før. 52 av årsverka vart utførte av kvinner.
Forskingsrådet gjennomførte i 2000 og 2001 evalueringar av institutta CICERO, Fafo, ISF og NOVA. (Sjå omtale av alle instituttevalueringane i St.prp. nr. 1 (2001-2002)). Evalueringane gav i all hovudsak eit positivt bilete av institutta. Tilrådingane var konkrete og leidde mellom anna til at institutta sjølve setje i verk tiltak for å betre kvaliteten på forskinga. Frå Forskingsrådet si side vart evalueringane lagt til grunn ved tildelinga av basisløyvingar for 2002. Fleire av funna i evalueringane vil trekkjast inn for å betre metodikk og prosess i Forskingsrådets arbeid med instituttevalueringar generelt.
Forskingsinstitutta NIFU og STEP (Studies in technology, innovation and economic policy) vart òg evaluerte i 2001. Som ei følgje av evalueringane, og i samråd med dei to institutta sjølve, vil dei frå 2003 få finansieringa si frå kap. 287, som dei andre samfunnsvitskaplege institutta. Det vil gi eit klarare skilje mellom Forskingsrådet sine roller som forvaltar av basisløyvingar og kjøpar av tenester. STEP-gruppa skal inngå i SINTEF som eit nytt senter for innovasjonsforsking.
Resultatmål for 2003
Tildelinga av basisløyvingar frå Forskingsrådet skal sikre oppbygging og vedlikehald av kompetanse ved institutta. Basisfinansieringa skal medverke til konsentrasjon om kjerneaktivitetane til dei einskilde institutta. Vidareutvikling av dei strategiske instituttprogramma er ein sentral del av arbeidet for å fremme kvalitet og høveleg nasjonal arbeidsdeling i sektoren. Forskingsrådet skal i dialog med institutta halde fram med dette arbeidet med sikte på å støtte opp under institutta sine strategiar for langsiktig fagutvikling. Målet er at programma skal utvikle vidare den kompetansen institutta har innanfor dei faglege kjerneområda sine, samstundes som kompetanseprofilen òg blir tilpassa nye faglege utfordringar.
Forskingsrådet har sidan 1997 samla inn årlege nøkkeltal for instituttsektoren. Vidare er alle dei samfunnsvitskaplege institutta evaluerte i løpet av dei siste ti åra. Utviklinga i instituttsektoren viser at kvaliteten i instituttforskinga kan betrast, og at betre basisfinansiering kan medverke til dette. Det er vidare ei utfordring å få institutta til å posisjonere seg betre internasjonalt.
I samsvar med tilråding frå utvalet som evaluerte CICERO, og frå Forskingsrådet foreslår Utdannings- og forskingsdepartementet i samråd med Miljøverndepartementet at ansvaret for basisløyvingane til CICERO blir ført over frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Miljøverndepartementet frå 1. januar 2003, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på posten er i tillegg til priskompensasjonen auka med 2 mill. kroner i høve til 2002. Instituttevalueringar viser at det er behov for å auke basisløyvingane til institutta slik at den vitskaplege kvaliteten deira kan styrkjast. Midlane skal derfor nyttast til å fremme den grunnleggjande forskinga og den langsiktige kompetanseoppbygginga gjennom vidare utvikling av faglege kjerneområde.
Innanfor løyvinga til dei utanrikspolitiske institutta skal det framleis stimulerast til strategiske satsingar. Det må leggjast vekt på samarbeid mellom institutta, vedlikehald og bygging av europeiske nettverk og auka innsikt i europeiske spørsmål som har høg relevans for Noreg.
Etter overføringa frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Miljøverndepartementet skal CICERO framleis ha høve til å søkje om midlar til strategiske samarbeidsprosjekt med dei utanrikspolitiske institutta.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi (tidlegare Senter for høyere studier), Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim, vitskaplege fond, Egede Instituttet, Christian Michelsens Institutt og Vannakademiet.
Målsetjing
Formålet med tilskuddsordninga er å medverke til at institusjonane fører vidare forsking og forskingsrelatert verksemd. Tilskottet til Senter for grunnforskning ved det Norske Videnskaps-Akademi, som får hovuddelen av midlane på posten, skal vere med på å heve kvaliteten i grunnforskinga og skape eit godt miljø for postdoktoral utdanning.
Rapport for 2001
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA) og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi) har til oppgåve å fremme norsk vitskap, mellom anna ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Akademia i Trondheim fekk i 2001 nye statuttar og felles styre. Som året før hadde akademia i Oslo og Trondheim i 2001 stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar. Akademiet i Oslo administrerte dessutan norsk medlemskap i 40 internasjonale organisasjonar. DNVA har prioritert å styrkje det internasjonale kontaktnettet.
Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi er eit tiltak for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar. I tråd med tilrådinga frå utvalet som evaluerte senteret, er mellom anna samarbeidet med dei fire universiteta styrkt ytterlegare. Samarbeidsavtalane med universiteta vart fornya i 2001 for ein periode på fem år. Til saman seks internasjonalt samansette forskargrupper var i arbeid ved senteret i 2001. Gruppene forska på ulike fagområde, mellom anna på mellomaldertekster, buddhistiske manuskript og væsker i bergarter. Senteret har søkt å rekruttere forskarar som kan vise til faglege resultat på særs høgt internasjonalt nivå. Større seminar med brei nasjonal og internasjonal deltaking har vore ein naturleg del av den faglege aktiviteten i gruppene.
Vitskaplege fond gjeld Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 og Institutt for sammenlignende kulturforskning.
Egede Instituttet har til oppgåve å drive misjonsforsking og fremme misjonskunnskap. Instituttet gir ut «Norsk tidsskrift for misjon».
Tilskottet til Christian Michelsens Institutt (CMI) går til menneskerettsforskinga ved instituttet, som har eit anvend siktemål og ein klar u-landsprofil. I 2001 heil- eller delfinansierte departementet m.a. følgjande prosjekt: menneskerettar i demokratiseringsprosessar, menneskerettar i utanrikspolitikk, handel og utvikling og redigering av menneskerettsårboka.
Vannakademiet er ein stiftelse som vart oppretta i 1998. Formålet er m.a. forsking for å førebyggje nasjonale og internasjonale konfliktar om vatn. Midlane går til generell støtte til verksemda og til internasjonalt universitets- og forskingssamarbeid.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga på posten er i 2003 auka med 2,5 mill. kroner utover prisjusteringa. Løyvinga til akademiet (DNVA) i Oslo er auka med kr 400 000 i tillegg til prisjustering i 2003 for å styrkje norsk grunnforsking og den internasjonale verksemda. Utvalet som evaluerte Senter for høyere studier (no Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi), tilrådde i 1997 ein monaleg budsjettauke til senteret. Løyvinga er styrkt med 2,1 mill. kroner i tillegg til prisjustering. Løyvinga skal gå til å styrkje kvaliteten på grunnforskinga og skape eit godt miljø for postdoktoral utdanning. Løyvinga til dei andre institusjonane på posten blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak
(i 1 000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 1 081 | 1 813 | 2 284 |
Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi | 8 367 | 10 618 | 13 132 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 107 | 160 | 166 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 129 | 183 | 190 |
Vitskaplege fond | 116 | 120 | 125 |
Egede Instituttet | 267 | 275 | 286 |
Christian Michelsens Institutt | 1 064 | 1 096 | 1 139 |
Vannakademiet | 2 000 | 1 060 | 1 101 |
Sum | 13 131 | 15 325 | 18 423 |
Post 72 Til disposisjon for departementet
Formålet med tilskottsordninga er å støtte arrangement av og deltaking i forskjellige nasjonale og internasjonale forskingskonferansar, og å støtte andre forskingsrelevante tiltak.
I 2001 vart det gitt tilskott til mellom anna eit svensk-norsk bokprosjekt i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 1905, arrangement i samband med 200-årsjubileet for Niels Henrik Abel og ein EU-konkurranse for yngre forskarar. I tillegg gjekk løyvinga til husleige til Nordisk forskarutdanningsakademi (NORFA). Løyvinga til posten er foreslått vidareført på same nivå som i 2002. I 2003 vil løyvinga i hovudsak bli brukt til å dekkje utgifter til det svensk-norske bokprosjektet og husleige til NORFA.
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Niels Henrik Abels matematikkpris skal gi matematikkfaget ein internasjonal vitskapleg pris på nivå med nobelprisane innanfor andre fagområde. Prisen skal òg medverke til å auke interessa for matematikkfaget. Niels Henrik Abels minnefond vart oppretta 1. januar 2002 med ein kapital på 200 mill. kroner, jf. kap. 287 post 90. Avkastninga frå fondet blir ført på inntektskapitlet 3287 post 80. Løyvingane til Niels Henrik Abels matematikkpris blir ført med same beløp på denne utgiftsposten.
Den første Abel-prisen skal delast ut i 2003. Avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond skal gå til å dekkje prisbeløpet, ulike arrangement i samband med prisutdelinga samt aktivitetar for å auke interessa for matematikk i samfunnet, særskilt blant barn og unge. Utdannings- og forskingsdepartementet har i 2002 fastsett statuttar for forvaltninga av minnefondet. Den årlege avkastninga frå fondet blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi, som vil vere ansvarleg for å peike ut prisvinnaren og dele ut prisen. Akademiet har oppretta eit styre og er i ferd med å opprette ein fagleg komité for Abel-prisen. Abel-styret vil vere ansvarleg for å disponere avkastninga og for å gjennomføre ulike arrangement og aktivitetar knytte til prisen. Abel-komitéen vil vere ansvarleg for å innstille kandidatar til prisen.
Løyvinga på posten svarar til avkastninga for 2002 av Niels Henrik Abels minnefond og vil vere på 12,4 mill. kroner.
Post 90 Niels Henrik Abels minnefond
Frå 1. januar 2002 er det oppretta eit fond for utdeling av ein ny internasjonal matematikkpris til minne om den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802-29). Fondskapitalen er på 200 mill. kroner, og er plassert som kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med 10 års bindingstid. Den årlege avkastninga frå fondet skal disponerast etter dei retningslinjene og statuttane som departementet har fastsett for Abel-prisen, sjå omtale på post 73.
Kap. 3287 Forskningsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
80 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 400 | ||
Sum kap. 3287 | 12 400 |
Kapitlet gjeld avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond, jf. kap. 287.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 105 | 4 442 | |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 97 742 | 127 900 | 129 198 |
74 | Til disposisjon for internasjonalt utdanningssamarbeid | 2 245 | ||
75 | UNESCO | 18 179 | ||
Sum kap. 288 | 99 987 | 130 005 | 151 819 |
I høve til budsjettet for 2002 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 21 er oppjustert med om lag 1,4 mill. kroner mot tilsvarande nedjustering av kap. 301 postane 21 og 75 under Kultur- og kyrkjedepartementet i samband med flyttinga av ansvaret for UNESCO.
Post 21 er oppjustert med om lag 0,9 mill. kroner til Det norske hus i Paris mot ei tilsvarande nedjustering av kap. 270 post 71.
Post 75 er foreslått løyvd med om lag 18,2 mill. kroner mot ei tilsvarande nedjustering av kap. 301 post 74 under Kultur- og kyrkjedepartementet i samband med flyttinga av ansvaret for UNESCO.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Resultatrapport for 2002
Løyvinga har blitt nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Midlane har mellom anna dekt kontingenten til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD, norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen «Europa i skolen», tilskott til Foreningen Norden og nettverk for skoleutvikling (ASP) under UNESCO.
Resultatmål for 2003
Løyvinga vil som tidlegare bli nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. I tillegg vil løyvinga gå til tiltak i UNESCO-regi. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for Regjeringa i UNESCO-saker og bindeledd mellom UNESCO og norske institusjonar og organisasjonar. Verksemda til den norske UNESCO-kommisjonen er basert på programmet til UNESCO sentralt. Løyvinga vil òg bli nytta til tiltak som ikkje blir gjennomførde i regi av UNESCO-kommisjonen, men som er aktuelle for arbeidet som blir gjort i UNESCO. Delar av løyvinga vil gå som tilskott til frivillige organisasjonar.
Budsjettforslag for 2003
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsinstitusjonar
Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:
Organisation européenne pour la recherche nucléaire (CERN)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL)
European Molecular Biology Conference (EMBC)
European Synchrotron Radiation Facility (ESRF)
International Agency for Research on Cancer (IARC)
CERN er ein av dei største installasjonane i verda for eksperimentelle studium innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. EMBL driv avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. EMBC gir, i samråd med EMBL, støtte til program for utveksling av forskarar innanfor molekylærbiologi. ESRF er eit laboratorium for forsking der ein nyttar synkrotronstråling innanfor ei rekkje disiplinar, med vekt på materialforsking. IARC driv kreftforsking knytt til Verdas helseorganisasjon (WHO).
Noreg dekkjer mellom 0,56 pst. og 2,16 pst. av budsjetta til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane, med unntak av IARC, der den norske kontingenten utgjer om lag 5 pst. av budsjettet.
Det er ei viktig oppgåve for Forskingsrådet å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen i CERN, EMBL og ESRF, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.
Målsetjing
Målet med satsinga er dels å ta del i forsking som er så ressurskrevjande at det ikkje hadde vore mogleg utan internasjonalt samarbeid, og dels å kunne vere med i utviklinga av nye forskingsområde. Satsinga er eit sentralt verkemiddel for å styrkje kvaliteten på norsk forsking. Det skal satsast på auka utnytting og formidling av samarbeidet, mellom anna for at deltakinga kan medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv. I samband med dette skal det satsast vidare på å rekruttere fleire nordmenn til dei internasjonale laboratoria. Samtidig blir det lagt vekt på å få norsk næringsliv til å konkurrere om å levere varer og tenester. Deltakinga i dei internasjonale organisasjonane skal sjåast i samanheng med den nasjonale satsinga på tilsvarande område.
Rapport for 2001-02
Arbeidet ved CERN har i seinare tid vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren, Large Hadron Collider (LHC). Anlegget vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet. Sist haust vart det klart at det nye anlegget blir dyrare enn budsjettert og vil bli ferdigstilt først i 2007, to år seinare enn planlagt. I første omgang skal underskottet dekkjast inn ved innsparingar på andre aktivitetsområde og ved større og forlenga lån. Ein ekstern granskingskomité som vart sett ned sist haust, har levert ein grundig rapport som peikar på manglar ved økonomistyring, organisasjon og leiing ved CERN, og kjem med konkrete forslag til forbetringar. Konklusjonen i rapporten er likevel i hovudsak positiv. Den tekniske basisen for LHC, og staben sin kompetanse og evne til å fullføre prosjektet blir ikkje dregne i tvil. Fleire tiltak er allereie sett i verk for å styrke finansfunksjonen, effektivisere organisasjonen og betre kontakten med og informasjonen til dei styrande organa. Ein revidert framdriftsplan for LHC-prosjektet blir venteleg vedteke av Rådet i september.
Den vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta (til saman fire etter 2000) blir årleg evaluerte av eit internasjonalt panel. Vidareføring av dei einskilde prosjekta, vil avhenge av resultata av desse evalueringane. Ekspertpanelet som vurderte prosjekta har hittil konkludert med at kvaliteten på dei norske gruppene generelt var høg. I 2001 vart det likevel tilrådd å trappe ned nokre av aktivitetane. Av dei pågåande prosjekta er to retta mot utvikling av utstyr som vil bli teke i bruk når akseleratoren LHC er ferdigstilt.
Dei totale midlane til følgjeforsking på CERN-relatert verksemd var på 11,25 mill. kroner i 2001. I løpet av året var sju doktorgradsstipendiatar knytte til programmet. Nitten nordmenn arbeidde ved hovudkvarteret i Genève i 2001. Det samla talet på nordmenn ved CERN er framleis lågt dersom ein samanliknar med medlemskontingenten. Det vil truleg vere vanskeleg å auke talet på tilsette nordmenn, fordi CERN er inne i ein prosess der talet på fast tilsette blir redusert. Mange norske forskarar (totalt 45 personar) har likevel reist til CERN for å ta del i forskingsprosjekt i løpet av året takk vere midlane til følgjeforsking.
EMBL har fått styrkt budsjettet sitt for den neste femårsperioden (2001-05) for mellom anna å kunne byggje ut infrastruktur og leggje opp vitskapleg sterke program som er sentrerte om funksjonell genomforsking ved dei fem forskingssentra under EMBL. EMBL arbeider også med teknologioverføring og kommersialisering av forskingsresultat gjennom oppstart av nye firma. Følgjeforskingsmidla i 2001 var på om lag 8,4 mill. kroner, fordelte med halvparten på Området for medisin og helse i Forskingsrådet og halvparten på Området for naturvitskap og teknologi.
EMBL har eit prestisjetungt Ph.D.-program. Noreg hadde i store delar av 2001 fire stipendiatar ved dette programmet. Finansieringa av desse var delt mellom EMBL i og Forskingsrådet. Ein postdoktorstipendiat med lønn frå Kreftforeininga har arbeidd ved EMBL ca. 1 år. Fleire norske gjesteforskarar har vitja EMBL i 2001, og fleire har teke del på arbeidsseminar, kurs og symposium gjennom året.
Noreg er medlem av det europeiske anlegget for synkrotronstråling ESRF i Grenoble. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium: NORDSYNC. ESRF var ferdig utbygd i 1999, og anlegget blir rekna for å vere det beste i sitt slag i verda. Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Noverande avtaleperiode for SNBL starta i oktober 1999 og vart forlenga til 30. september 2002. Gjennom medlemskapen i NORDSYNC og SNBL-samarbeidet har norske forskarar god tilgang til å drive materialforsking og bioforsking som krev avansert røntgenstråling. I 2001 var om lag 40 norske forskarar ved ESRF og SNBL ein eller fleire gonger for å gjere eksperiment. Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. Over fleire år har NORDSYNC brukt meir stråletid enn det kontingenten dekkjer. NORDSYNCs medlemsdel er på 4 pst., medan bruken er på rundt 6 pst. Frå 2002 betalar derfor NORDSYNC ei ekstra avgift frå år til år for bruken som overstig 5 pst.
Det er teke initiativ for å utvikle eit europeisk senter for "Structural Genomics" ved ESRF. Samtidig er ein i gang med å opprette eit "Partnership for Structural Biology" (PSB) med naboinstitusjonane ILL (Institut Laue-Langevin) og EMBL-Grenoble, med opning for at andre medlemmer kan tre inn etter kvart. Styringsorgana i alle dei involverte institusjonane har i løpet av sommaren 2002 gitt klarsignal til å skrive under eit «Memorandum of Understanding» om å setje i verk PSB.
Frå 2000 er det avsett eigne midlar til ESRF-relaterte oppgåver etter at programmet for materialforsking vart avslutta i 1999. Midlane, som i 2001 var 3 mill. kroner, blir forvalta av ei programgruppe på tre personar. Midlane går til følgjeforsking, rekruttering, reiseutlegg for norske forskarar til ESRF og SNBL, Forskingsrådet sin del i drifta av Norsk synkrotronforsking AS, samt til norsk deltaking i dei styrande organa i ESRF.
Medlemskapen i IARC er viktig for arbeidet med å førebyggje kreft, og er eit verkemiddel for å heve kompetansen på området. I fokus står forsking og informasjon om kreft, med vekt på studium av omfanget av kreft, årsaker til sjukdomen og korleis ein kan minske talet på sjuke. Med tilknytinga til Verdas helseorganisasjon (WHO) har IARC tilgang til globale oversikter og kan gi bakgrunn og kunnskap for helsepolitiske avgjerder i landa. I Noreg er det i første rekkje Kreftregisteret, Folkehelsa og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. På siste møtet i Rådet for IARC vart norske representantar valde både til å ta del i utarbeidinga av Medium Term Strategic Vision og i komiteen som skal finne ny direktør. Det er elles teke initiativ for å stimulere norske forskarar til å ta del i IARC-samarbeidet i større grad. Samtidig er det klart at mykje av samarbeidet som er nyttig for Noreg, foregår kontinuerleg, men utan at ein nødvendigvis har forskarar i Lyon for meir enn korte periodar. Forskingsrådet har nyleg arrangert eit møte der leiarar i organisasjonar som kan påverke og informere om IARC, møttest. Samarbeidet i IARC har medverka til at norske forskarar har vorte med i større EU-prosjekt. Ein har òg fått til samarbeid med det amerikanske kreftinstituttet NCI.
Budsjettforslag for 2003
Under er ei oversikt over budsjetterte kontingentar og faktiske utbetalingar for 2001-02:
Organisasjon | Løyving 2001 | Utbetalt 2001 | Løyving 2002 | Utbetalt 20021) | Forslag 2003 |
---|---|---|---|---|---|
CERN | 78 831 | 77 995 | 108 392 | 107 014 | 109 904 |
EMBL | 7 418 | 7 561 | 6 598 | 6 698 | 6 843 |
EMBC | 1 203 | 1 224 | 1 244 | 1 185 | 1 211 |
ESRF | 2 808 | 2 814 | 3 423 | 3 162 | 3 250 |
IARC | 8 108 | 8 148 | 8 243 | 7 526 | 7 990 |
Sum | 98 368 | 97 742 | 127 900 | 125 585 | 129 198 |
1)Alle kontingentane er utbetalte med unntak av siste innbetaling til ESRF og EMBL. Den samla kontingenten til desse organisasjonane er berekna på grunnlag av valutakursar per august 2002.
Post 75 UNESCO
Målsetjing
UNESCO - særorganisasjonen i FN for utdanning, vitskap og kultur - er eit samarbeidsorgan for regjeringane i medlemslanda og ein møtestad for fagfolk innanfor dei ulike samarbeidsområda. Hovudoppgåva for UNESCO er å medverke til fred og utvikling ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Løyvinga skal sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten til UNESCO for 2003. Løyvinga går òg til tilskott til World Heritage Fund, som er eit eige fond under UNESCO.
Tildelingskriterium
Generalkonferansen i UNESCO utarbeider ein bidragsskala som fastsett kontingenten til det einskilde medlemslandet for ein toårsperiode.
Oppfølging og kontroll
Generaldirektøren rapporterer til eksekutivkomiteen i UNESCO to gonger i året om oppfølging av vedtak som er fatta på generalkonferansen, dvs. programmet og budsjettet til UNESCO. Dokumentet blir også sendt til alle medlemslanda. I tillegg blir det utarbeidd særrapportar og ein rapport for heile den toårige program- og budsjettperioden.
Budsjettforslag for 2003
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2002.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 276 | ||
04 | Refusjon av ODA-godkjente utgifter | 4 589 | ||
Sum kap. 3288 | 4 865 |
I høve til 2002 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er foreslått løyvd med kr 276 000 mot ei tilsvarande nedjustering av kap. 3301 post 02 under Kultur- og kyrkjedepartementet i samband med overføringa av ansvaret for UNESCO.
Post 04 er foreslått løyvd med 4,6 mill. kroner mot ei tilsvarande nedjustering av kap. 3301 post 01 under Kultur- og kyrkjedepartementet t i samband med overføringa av ansvaret for UNESCO.
Post 01 gjeld inntekter frå oppdrag i UNESCO-kommisjonen. Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter retningslinjene til OECD.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310) | 15 850 007 | 16 439 813 | 19 582 575 | 19,1 |
Sum kategori 07.80 | 15 850 007 | 16 439 813 | 19 582 575 | 19,1 |
Budsjettforslaget for kategori 07.80 utgjer 19,5 mrd. kroner. Det er ein auke på 3,1 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2002. Av dette skriv om lag 609,3 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 5 629 752 | 5 448 554 | 6 713 856 | 23,2 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 4 767 583 | 5 377 800 | 6 033 000 | 12,2 |
Sum kategori 07.80 | 10 397 335 | 10 826 354 | 12 746 856 | 17,7 |
Budsjettforslaget for kategori 07.80 utgjer 12,7 mrd. kroner. Det er ein auke på 1,9 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2002.
Tilstandsvurdering, strategiar og tiltak
Mål: Gode støtteordningar tilpassa ulike elev- og studentgrupper
Utdanningsfinansieringa skal medverke til at alle skal ha like sjansar til å ta utdanning, uavhengig av sosiale eller økonomiske tilhøve, alder, kjønn eller geografiske avstandar.
Noreg har ei god utdanningsfinansiering samanlikna med andre europeiske land. Undersøkingar viser likevel at det framleis er skeiv rekruttering til høgre utdanning. Ungdom som har foreldre med høgre utdanning, vel oftare høgre utdanning sjølv. Ei god utdanningsfinansiering kan medverke til å rette opp den skeive rekrutteringa til høgre utdanning.
Statens lånekasse for utdanning administrerer dei stipend- og låneordningane som er oppretta med heimel i lov om utdanningsstøtte til elevar og studentar. I undervisningsåret 2001-02 var talet på elevar og studentar i utdanning med støtterett i Lånekassen 388 000. Av desse fekk 223 000 støtte frå Lånekassen. Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2001-02 på 11 974 mill. kroner. Av dette vart om lag 5 060 mill. kroner betalte ut som stipend og 6 914 mill. kroner som lån.
Frå undervisningsåret 2002-03 er det innført ei ny støtteordning for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring. I den nye støtteordninga er kostnadsnorma (basisstøtta) auka til kr 8 000 per månad. Den nye kostnadsnorma gjeld både for studentar som studerer i Noreg, og for studentar som studerer i utlandet. Frå og med 1. november 2002 aukar stipenddelen frå 30 pst. til 40 pst. 15 pst. blir gjort om frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført (konverteringsordninga). Den nye støtteordninga inneber også at støtta blir utbetalt månadleg, med unntak av støtta til studiar i utlandet. Månadleg utbetaling gjeld heller ikkje ved tildeling av lån til skolepengar ved utdanning i Noreg.
Fribeløpet for arbeidsinntekt er auka frå kr 5 200 per månad til kr 100 000 per kalenderår. Frå hausten 2002 er det innført fribeløp også for trygde- og pensjonsytingar. Fribeløpet er på kr 53 500 per kalenderår.
Utdanningsfinansieringa er gjort betre og meir fleksibel for å tilpasse ordningane til ulike elev- og studentgrupper, og for å leggje til rette for livslang læring. Frå hausten 2000 fekk vaksne som var fødd før 1978, rett til vidaregåande opplæring, og frå hausten 2002 har alle vaksne som treng det, rett til grunnskoleopplæring. Vaksne som nyttar desse rettane, har rett til utdanningsstøtte på lik linje med studentar i utdanning.
Forslag til ny lov om fagskoleutdanning har vore på offentleg høring. Lovforslaget gjeld utdanningar som er på nivået over vidaregåande opplæring, men utan å vere ein del av universitets- og høgskolesystemet. Sjå nærare omtale under kategori 07.50. Ei undersøking viser at det finst om lag 14 000 elevar og studentar på dette nivået. Regjeringa foreslår at dei utdanningane som blir godkjende etter lov om fagskoleutdanning, også blir godkjend for støtte frå Lånekassen. Regjeringa foreslår å leggje ei slik godkjenning av utdanninga til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
I forslaget til statsbudsjett for 2002 varsla Regjeringa at departementet ville gjere ein gjennomgang av støtteordninga for unge elevar i ordinær vidaregåande skole. Det er behov for ein slik gjennomgang etter omlegginga av støtteordninga for alle andre elevar og studentar enn unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring.
For elevar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 blir dei eksisterande støtteordningane førte vidare i undervisningsåret 2002-03. Desse ordningane er ulike for elevar under og over 19 år (aldersskiljet). Under aldersskiljet blir låntildeling og stipend til heimebuarar behovsprøvd etter økonomien til foreldra. Bortebuarar får eit stipend som ikkje blir behovsprøvd (kr 3 450 per månad i undervisningsåret 2002-03). Elevar over 19 år får støtta behovsprøvd berre etter eigen økonomi. Heimebuarar får ikkje stipend medan bortebuarar kan få eit stipend på maksimalt kr 1 850 per månad.
Regjeringa foreslår at det frå undervisningsåret 2003-04 blir innført ei støtteordning som omfattar alle unge med rett til vidaregåande opplæring. Avgrensinga av kven som blir omfatta av dei ulike støtteordningane i Lånekassen vil dermed vere knytt til type utdanning, og ikkje til alder som i dag. Retten til støtte frå Lånekassen blir knytt til retten til opplæring. Ei felles ordning for alle unge elevar med rett til vidaregåande opplæring vil gjere det enklare å få oversyn over kva ein kan få i støtte frå Lånekassen.
Unge elevar i vidaregåande opplæring kan i dag søkje om lån frå Lånekassen. For undervisningsåret 2001-02 var det om lag 71 000 søkjarar under 19 år. Av desse valde 9,9 pst. å ta opp lån. Dei fleste elevane i vidaregåande opplæring vel å søkje berre stipend og ikkje lån. Likevel viser tala at 52 pst. av tilbakebetalarane som var under inkassohandsaming i Lånekassen i 2001, berre hadde vidaregåande skole. Etter departementet sitt syn er det problematisk at unge personar kan opparbeide seg gjeld til det offentlege for å ta vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår at lånetilgangen blir fjerna i den nye støtteordninga. Når det gjeld den spesielle tilgangen til å søkje om lån til dekning av skolepengar ved private vidaregåande skolar, foreslår departementet å behalde denne. Lån til dekning av skolepengar skal bli gitt utan behovsprøving.
Ei ny støtteordning for vidaregåande opplæring bør vere retta mot familiar med særleg svak økonomi. Departementet meiner at tilskottet til dekning av levekostnader gjennom Lånekassen for unge elevar i vidaregåande opplæring skal vere eit supplement til finansieringa frå foreldra. Regjeringa foreslår å innføre eit nytt system for behovsprøving slik at elevar i familiar med svak økonomi får eit stipend som er så stort at det kan kompensere for noko av verknaden av bortfall av retten til å ta opp lån.
Om lag 72 pst. av stipendmidlane i dagens støttesystem blir tildelte utan behovsprøving til elevar som må bu borte frå foreldra under vidargåande opplæring. Undersøkingar viser at mange av desse elevane kjem frå familiar med god økonomi.
Dei som må flytte heimafrå for å ta vidaregåande opplæring, vil i den nye ordninga framleis få tilskott til dekning av utgifter til å bu og til reiser utan behovsprøving. Til forskjell frå i dag skal denne gruppa få delar av det totale stipendbeløpet behovsprøvd mot økonomien til forsørgjarane. Sjå nærare omtale under kap. 2410.
I den nye ordninga vil elevar frå familiar med særleg svak økonomi få eit vesentleg større stipend enn i dag. Den totale ytinga for dei som tidlegare har fått fullt stipend og fullt lån, vil bli noko redusert. Det er likevel få elevar som har teke opp fullt lån i dagens ordning. Dei nye reglane for behovsprøving vil bli innretta slik at ingen som tidlegare har fått behovsprøvd stipend vil komme dårlegare ut enn i dag.
Målrettinga av stipend mot elevar frå familiar med særleg svak økonomi er ein del av Regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom.
Tilskottet til ordninga med utlån av læremiddel til elevar i vidaregåande opplæring vart fjerna hausten 2002, jf. Budsjett-innst.S. nr. 12 (2001-2002) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002). Det vart varsla at stipend til læremiddel skulle bli vurdert i samband med gjennomgangen av støtteordninga for elevar i vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår at det blir innført eit behovsprøvd stipend til læremiddel i den nye støtteordninga.
Departementet foreslår at ordninga med månadleg utbetaling av støttebeløpet blir ført vidare, med unntak av stipend til læremiddel og lån til dekning av skolepengar ved private vidaregåande skolar, som blir utbetalte ved byrjinga av kvart semester.
Den nye støtteordninga for elevar i vidaregåande opplæring vil også gjelde lærlingar over 19 år som ikkje bur i foreldreheimen. Denne gruppa vil få eit tilskott til dekning av utgifter til å bu og til reiser utan behovsprøving. Dei fleste lærlingar får i dag ikkje slikt stipend på grunn av behovsprøving mot lærlinglønna.
Departementet foreslår at unge elevar som har stifta familie, anten ved å gifte seg eller ved å få barn, ikkje skal få støtta behovsprøvd mot økonomien til forsørgjarane. Det er etter departementet si vurdering ikkje rimeleg at unge med eigen familie skal få støtta behovsprøvd mot økonomien til forsørgjarane. Unge med eigen familie vil få støtta behovsprøvd mot sin eigen økonomi og eventuelt mot ektefellen sin økonomi.
I den nye støtteordninga for andre elevar og studentar er det gamle forsørgjartillegget erstatta med eit forsørgjarstipend. Departementet foreslår tilsvarande endringar for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring. Forsørgjarstipendet skal bli gitt etter same sats som i støtteordninga for andre elevar og studentar.
Mål: Kvalitet og breidde i internasjonaliseringa av studiefinansieringa
Deltaking i internasjonal kunnskapsutveksling utviklar kvaliteten på norsk utdanning. Gjennom studium i utlandet kan studentane utvide si forståing av språk, kulturar og globale spørsmål. Norske studentar og elevar som har studert i utlandet, kan også føre internasjonal kompetanse til norske utdanningsinstitusjonar.
I perioden frå 1980-81 til 1999-2000 har det vore ei tredobling av talet på studentar som har søkt støtte frå Lånekassen til høgre utdanning i utlandet. I undervisningsåret 2001-02 var det 15 800 studentar som tok heile utdanninga i utlandet med støtte frå Lånekassen. I tillegg tok 5 500 studentar og elevar delar av utdanninga i utlandet som del av eit studieløp i Noreg.
Statens utgifter til stipend til delvis dekning av skolepengar ved utdanning i utlandet (gebyr- og tilleggsstipend) har auka sterkt i dei seinare åra. I undervisningsåret 2001-02 var utgiftene til dette formålet om lag 526 mill. kroner. Undersøkingar viser at internasjonaliseringseffekten i høve til dei norske utdanningsinstitusjonane er størst når studentane tek ein del av utdanninga i utlandet, til dømes i samband med utvekslingsavtalar, jf. St.meld. nr. 27 (2000-2001). Veksten i utgiftene til gebyrstipend kjem likevel i stor grad frå studentar som tek heile utdanninga i utlandet. Mange tek utdanning på lågare grad (bachelor) i fag der det er god tilgang på studieplassar i Noreg. Departementet ser eit behov for å greie ut delar av støtteordninga for studiar i utlandet for å oppnå ei meir målretta ordning. I dette arbeidet er det naudsynt å ha fokus på kvalitet og breidde, når det gjeld både fagleg innhald, nivå og rekruttering av studentar. I samband med dette vil også departementet vurdere ei betre ordning for finansiering av førebuande språkopplæring for å setje fleire i stand til å studere i ikkje-engelskspråklege land.
Ordninga med støtte og ettergiving for statsborgarar frå utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa, den såkalla kvoteordninga, vart evaluert i 2001. Evalueringa gir ordninga gode skussmål. Departementet foreslår derfor å føre ordninga vidare. Departementet har følgt opp nokre av forslaga i rapporten og vil arbeide vidare med oppfølginga.
Forsøksordninga for elevar som tek eit år med vidaregåande opplæring i land utanfor Norden gjennom ein godkjend utvekslingsorganisasjon, vart evaluert våren 2002. Eit av siktemåla med forsøksordninga var å gjere vidaregåande opplæring i utlandet meir tilgjengeleg. Evalueringa viser at ordninga fungerer etter intensjonane, og departementet foreslår at ordninga blir ført vidare i undervisningsåret 2003-04. Departementet ønskjer også å føre vidare dei andre ordningane som gjeld støtte til vidaregåande opplæring i utlandet.
Mål: Fleksibelt og forenkla regelverk og auka service i Lånekassen
Lånekassen administrerer tildelinga av utdanningslån og fleire stipend, samt ulike ordningar for tilbakebetaling av studielån.
Eit omfattande regelverk kan gjere det vanskeleg for kundar og nye søkjarar å få oversyn over rettar og plikter. Innføringa av ny støtteordning for elevar og studentar i all anna utdanning enn ordinær vidaregåande opplæring frå undervisningsåret 2002-03 inneber ei klar forenkling av regelverket for tildeling av utdanningsstøtte. Regjeringa sitt forslag til ny støtteordning for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring vil også medverke til ei forenkling.
Regelverket for tilbakebetaling av studielån inneheld framleis detaljerte og til dels kompliserte reglar og vilkår om rentefritak, betalingsutsetjing, ettergiving med vidare. Reglane er lite fleksible ved fastsetjing av betalingsprofil og terminbeløp, og dei gir lite rom for den einskilde tilbakebetalaren til å kunne tilpasse nedbetalinga til sin eigen økonomiske situasjon. Departementet meiner det framleis er behov for å tilpasse ordningane for tilbakebetaling til dei utfordringane og behova som dagens mangearta låntakargruppe representerer. Departementet meiner mellom anna at den einskilde tilbakebetalaren i større grad skal kunne tilpasse nedbetalinga til utviklinga i si eiga betalingsevne.
Det er etablert sosiale ordningar som gjer det mogleg å få betalingslette for grupper med svak økonomi og med ein vanskeleg sosial situasjon. Noreg er også eit av dei få landa i Europa som gir rentefritak under utdanning.
Om lag 470 000 personar betaler på sine studielån til Lånekassen. Desse hadde i 2001 ei totalgjeld på om lag 50 mrd. kroner i lån og 3 mrd. kroner i renter. For tilbakebetalarar som har fått lån til høgre utdanning, er gjennomsnittleg lån i Lånekassen om lag kr 135 000. Gjennomsnittleg nedbetalingstid er om lag 11 år.
Både innføring av ny gradsstruktur, som fører til nedkorting av den totale studietida for dei fleste studieretningane, og ein auke i stipenddelen til 40 pst. vil medverke til at den einskilde studenten får redusert sin totale gjeldsbyrde ved avslutta utdanning.
Reglane for tilbakebetaling av studielån er heimla i utdanningsstøttelova. Departementet går no gjennom lova, mellom anna for å gjere ho meir fleksibel for endringar i reglane for tilbakebetaling. Lova skal også ta høgde for den nye støtteordninga som gjeld frå og med undervisningsåret 2002-03, og for ei ny støtteordning for unge elevar i ordinær vidaregåande skole.
Dagens IKT-system i Lånekassen byggjer på teknologi frå 1980-åra. Utan ei modernisering av desse systema kan Lånekassen innan kort tid stå overfor store driftsproblem. Dette kan også svekkje tilgjenge til og kvalitet på dei tenestene som blir tilbydde kundane. Modernisering av IKT-systemet i Lånekassen vil mellom anna gjere det enklare å innføre fleksible ordningar for tilbakebetaling.
I samband med tildeling av støtte for undervisningsåret 2002-03 har Lånekassen innført ei ordning med elektroniske søknader om studiestøtte. Erfaringane så langt viser at søknader over Internett blir tekne godt imot av søkjarane. Innføring av nettsøknad er i tråd med Regjeringa sitt mål om døgnopen forvaltning.
Sommaren 2001 vart det sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Nærings- og handelsdepartementet, finansnæringa, Lånekassen, studentorganisasjonane og Utdannings- og forskingsdepartementet. Arbeidsgruppa har sett på primære oppgåver og ansvarsområde i Lånekassen, og vurdert korleis desse kan bli organiserte. Lånekassen vart mellom anna vurdert i høve til nye krav som blir stilte til moderne bankdrift og automatisering av oppgåvene som er knytte til utdanningsstøtta.
Arbeidsgruppa meinte at målet for Lånekassen må vere å realisere kvalitetskrav om direkte godkjenning av søknader om studiestøtte og fleksible ordningar for tilbakebetaling, samt at kundane skal kunne orientere seg om støtteordningane gjennom interaktive informasjonstenester. Dette føreset at det blir etablert løysingar der kundane i størst mogleg grad styrer søknadsprosessen sjølve. I rapporten til arbeidsgruppa, «Kvalitet og kostnad i organisering av utdanningsstøtten» (Solbergrapporten), blir det trekt opp to moglege strategiar «Lånekassealternativet» inneber ei betring innanfor dagens struktur. «Bankalternativet» inneber stor grad av gjenbruk av system og tenester i bank- og finansnæringa.
Det er oppretta eit forprosjekt for modernisering av Lånekassen. Prosjektet skal følgje både gjennomføringa av utgreiinga av «Bankalternativet», og arbeide med konkretisering av «Lånekassealternativet». Prosjektet er ein del av moderniseringsarbeidet til Regjeringa.
Forprosjektet skal ikkje vurdere innhaldet i utdanningsfinansieringa. Dette skal framleis bli vedteke i samband med handsaminga av dei årlege budsjettforslag i Stortinget. Dei sosiale ordningane i dagens utdanningsfinansiering, til dømes ved sjukdom og fødsel, vil bli førte vidare.
Departementet vil komme tilbake til saka.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 244 350 | 255 285 | 273 570 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving | 1 482 200 | ||
70 | Utdanningsstipend , overslagsløyving | 4 148 332 | 4 679 800 | 4 366 500 |
71 | Andre stipend , overslagsløyving | 833 584 | 914 800 | 751 600 |
72 | Rentestønad , overslagsløyving | 1 443 853 | 1 482 400 | 1 861 000 |
73 | Avskrivingar , overslagsløyving | 433 929 | 474 000 | 466 000 |
74 | Tap på utlån | 451 772 | 464 000 | 456 000 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 4 379 | 4 528 | 4 705 |
90 | Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving | 8 289 808 | 8 165 000 | 9 921 000 |
Sum kap. 2410 | 15 850 007 | 16 439 813 | 19 582 575 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er oppjustert med 0,3 mill. kroner mot ein parallell oppjustering av kap. 5310 post 03.
Post 70 er oppjustert med 70 mill. kroner mot ei tilsvarande nedjustering av post 71.
Post 70 er nedjustert med 530 mill. kroner og post 50 oppjustert med 477 mill. kroner i samband med innføring av ordning med konvertering av lån til stipend knytt til gjennomføring av studiane.
Post 90 er oppjustert med 662 mill. kroner.
Resultatrapport for undervisningsåret 2001-02
Hovudtal for støttetildelinga i dei fire siste undervisningsåra
Frå støttetildelinga | 1998-99 | 1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte | 385 900 | 389 200 | 391 200 | 388 000 |
Tal på stipendmottakarar | 208 448 | 208 853 | 209 560 | 205 481 |
Tal på støttemottakarar | 228 562 | 228 065 | 227 344 | 222 997 |
Tal på stipendsøkjarar | 255 831 | 253 639 | 251 617 | 246 847 |
Tal på lånesøkjarar | 168 717 | 168 834 | 169 106 | 165 392 |
Gjennomsnittsstipend (kroner) | 21 657 | 22 942 | 23 769 | 24 623 |
Totalt utbetalt stipend og lån (mill. kroner) | 10 932 | 11 450 | 11 823 | 11 974 |
Tal på låntakarar | 161 592 | 162 011 | 161 891 | 157 754 |
Sum stipend (mill. kroner) | 4 514 | 4 781 | 4 981 | 5 060 |
Sum lån (mill. kroner) | 6 418 | 6 668 | 6 842 | 6 914 |
Gjennomsnittslån | 39 715 | 41 160 | 42 262 | 43 829 |
Fordeling av ulike stipendformer i undervisningsåret 2001-02 samanlikna med 2000-01
Tal på stipend | Stipend i mill. kroner | |||
---|---|---|---|---|
Stipendform | 2000-01 | 2001-02 | 2000-01 | 2001-02 |
Utdanningsstipend | 203 570 | 199 557 | 3 926 | 3 972 |
Reisestipend, innland og Norden | 68 175 | 67 520 | 182 | 188 |
Gebyrstipend | 11 836 | 11 891 | 488 | 503 |
Tilleggsstipend | 705 | 670 | 25 | 23 |
Reisestipend utanfor Norden | 17 736 | 18 122 | 109 | 118 |
Flyktningstipend | 333 | 492 | 17 | 25 |
Kunstfagstipend | 1 446 | 1 324 | 39 | 35 |
Fødselsstipend | 3 196 | 2 950 | 145 | 136 |
Tiltaksstipend | 2 624 | 2 512 | 15 | 15 |
Reisestipend, kvoteprogram | 793 | 789 | 3 | 4 |
Reisestipend i Noreg til utanlands- studentar | 12 076 | 12 594 | 17 | 18 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 854 | 1 059 | 8 | 13 |
Andre stipend | 50 | 3 | 0,4 | 0 |
Språkstipend | 508 | 564 | 8 | 8 |
Totalt | 323 902 | 320 047 | 4 982,4 | 5 058 |
Hovudtal for tilbakebetaling av lån
Frå tilbakebetaling | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 |
---|---|---|---|---|---|
Talet på tilbakebetalande låntakarar | 427 000 | 439 000 | 443 500 | 455 400 | 468 968 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 39 500 | 42 365 | 44 460 | 47 229 | 50 064 |
Renter (i mill. kroner) | 2 499 | 2 300 | 2 765 | 2 778 | 3 035 |
Avdrag (i mill. kroner) | 3 546 | 3 096 | 3 666 | 3 348 | 3 559 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 365 | 377 | 402 | 439 | 434 |
Frå driftsrekneskapen (i mill. kroner): | |||||
Administrasjonsutgifter | 180 | 183 | 216 | 233 | 243 |
Rentestønad | 2 280 | 1 999 | 1 331 | 1 260 | 1 444 |
Uteståande lån | 55 003 | 57 957 | 60 462 | 63 336 | 66 050 |
Uteståande renter | 2 954 | 2 585 | 2 975 | 2 926 | 3 009 |
Løyvingane til utdanningsstøtte har effekt på fleire postar. Nedanfor følgjer ein samla gjennomgang av budsjettforslaga for undervisningsåret 2003-04. Administrasjonsbudsjettet i Lånekassen blir handsama under post 01.
Budsjettforslag for 2003
Budsjettforslaget gjeld for budsjettåret 2003, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for undervisningsåret 2003-04. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved handsaminga av budsjettet for 2003 tek stilling til heile undervisningsåret 2003-04, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 6 og 7.
Regjeringa foreslår å innføre ei ny støtteordning for alle unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring frå undervisningsåret 2003-04. I den nye ordninga vil det ikkje lenger bli gitt utdanningslån, med unntak av lån til delvis dekning av skolepengar ved private vidaregåande skoler. Stipenddelen kan omfatte inntil fire komponentar: Eit grunnstipend og eit stipend til læremiddel kan bli gitte uavhengig av om søkjaren bur borte eller heime, men stipenda vil bli behovsprøvde mot økonomien til forsørgjarane og elevane sjølve. Dei som må flytte heimafrå for å ta vidaregåande opplæring, kan i tillegg få tilskott til delvis dekning av bu- og levekostnader og tilskott til delvis dekning av reiseutgifter. Bu- og reisetilskott skal bli gitte utan behovsprøving.
I den nye støtteordninga vil ein gjere endringar i inntektsomgrepet for elevane. Dette inneber mellom anna at behovsprøvinga mot kapitalinntekt fell bort.
For unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring foreslår departementet å innføre ei øvre grense for maksimalt utbetalt tilskott til reiser på kr 7 000 per undervisningsår. Avgrensinga gjeld stipend til innlandsreiser og reiser i Norden.
I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2002 i Stortinget, jf. Innst.S. nr. 255 (2001-2002) og St.prp. nr. 63 (2001-2002), vart det vedteke at det frå 2003 skal bli gitt lik støtte til elevar ved folkehøgskolar som for studentar i høgre utdanning. Departementet foreslår at elevar på folkehøgskole skal få ei årleg støtte på kr 80 000 frå undervisningsåret 2003-04.
Ved utrekning av støttebeløpet blir kostnadsnorma justert slik at ho følgjer den faktiske kostnadsutviklinga i samfunnet. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2002 vedtok Stortinget at kostnadsnorma (basisstøtta) skulle aukast med om lag kr 1 000 til kr 8 000 per månad frå undervisningsåret 2002-03. I lys av dette og av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at støtta frå Lånekassen ikkje blir prisjustert i undervisningsåret 2003-04.
Frå hausten 2002 får elevar og studentar over 25 år, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, ikkje lenger stipend til dekning av utgifter ved reiser i Noreg og Norden. Studentar under 25 år får framleis stipend til tre reiser tur-retur mellom heimstaden og lærestaden, men ikkje meir enn 7 000 kroner per undervisningsår. Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å avvikle stipend til innlandsreiser og reiser i Norden frå undervisningsåret 2003-04.
Studentar som tek utdanning i utlandet, kan få eit gebyr- og tilleggsstipend til full eller delvis dekning av skolepengar. Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår departementet at gradsstudium i psykologi og teknologiske fag på lågare grads nivå (bachelor) blir tekne ut av listene som gir rett til gebyr- og tilleggsstipend. Avgrensinga gjeld frå undervisningsåret 2003-04 og vil ikkje gjelde studentar som er inne i et studieløp.
I 2002 blir det kravd inn gebyr ved førstegangs betalingsvarsel på kr 35, gebyr for purring ved andregangs betalingsvarsel på kr 260 og gebyr for oppseiing av lån i samband med innkrevjing av misleghaldne utlån på kr 360. Dei relativt høge purregebyra i Lånekassen må sjåast i samband med at Lånekassen i liten grad har andre sanksjonsmiddel dei kan nytte overfor kundane sine. Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår departementet å auke gebyra på andre- og tredjegangs betalingsvarsel frå Lånekassen med respektive kr 20 og kr 130.
Ordninga med ekstra lån til studentar som tek eit sommarsemester, blir foreslått ført vidare i 2003, jf. forslag til vedtak III nr. 8.
Post 01 Driftsutgifter
Regjeringa foreslår å styrkje administrasjonsbudsjettet i Lånekassen med 7 mill. kroner i 2003. Auken i administrasjonsbudsjettet er knytt til innføring av ny støtteordning i vidaregåande opplæring og utvikling og drift av IKT-system for innrapportering av eksamensresultat frå alle lærestadene som blir omfatta av konverteringsordninga.
Lånekassen har gjennomført eit forprosjekt som har sett på behovet for modernisering av IKT-systemet i verksemda. Ein av konklusjonane er at utan ei gjennomgripande modernisering av IKT-systemet vil Lånekassen i løpet av få år stå overfor store driftsproblem som kan føre til stans i verksemda på kort varsel. Prosjektet skisserer ei løysing der IKT-systemet blir skifta ut innanfor ein periode på 3-4 år. Departementet vil følgje opp denne saka i samband med forprosjektet for modernisering av Lånekassen, jf. kategoriomtalen.
Ein legg opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet, og mellom anna nyttast til arbeid i samband med forprosjektet for modernisering av Lånekassen. Posten finansierer òg lønnsutgifter i departementet til medarbeidarar på avgrensa utviklingsprosjekt knytt til budsjettkapitlet. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Posten vart oppretta i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 2002, jf. Innst.S. nr. 255 (2001-2002) og St.prp. nr. 63 (2001-2002). Utdanningsstipendet blir gitt med 40 pst. av kostnadsnorma, der dei siste 15 pst. blir gjort om frå lån til stipend når utdanninga er gjennomført (konverteringsordninga). Løyvinga på posten skal settast av i eit fond med tanke på å dekkje dei framtidige utgiftene til konvertering av lån til stipend for dei elevane og studentane som får studiestøtte i 2003.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til utdanningsstipend til elevar og studentar.
Frå undervisningsåret 2002-03 er kostnadsnorma til elevar og studentar i all anna utdanning enn ordinær vidaregåande utdanning auka til kr 8 000 per månad. Utdanningsstipend blir gitt med inntil 40 pst. av kostnadsnorma.
Regjeringa foreslår at dei to støtteordningane som i dag gjeld for elevar med rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i opplæringslova, blir erstatta av ei felles stipendordning. Den nye ordninga vil innebere at også elevar over 19 år vil få stipendet behovsprøvd mot økonomien til forsørgjarane. Elevar som har stifta familie, vil få stipend utan behovsprøving mot økonomien til foreldra.
Det blir innført eit grunnstipend på inntil kr 1 730 per månad og eit stipend til læremiddel på inntil kr 3 500 per undervisningsår. Stipenda blir behovsprøvde mot økonomien til elevane og forsørgjarane, og dei blir gitte uavhengig av om elevane bur heime hos foreldra, eller om dei bur utanfor foreldreheimen. Stipend til læremiddel blir utbetalte i byrjinga av kvart semester. Elevar frå familiar med ei inntekt under kr 143 000, vil få maksimalt stipend. Det kan bli gitt behovsprøvd stipend til elevar frå familiar med inntekt på inntil kr 289 000.
Elevar som må bu borte frå foreldreheimen under opplæringa, kan i tillegg til grunnstipend og læremiddelstipend få tilskott til delvis dekning av bu- og levekostnader og reiser utan behovsprøving mot økonomien til forsørgjarene. Butilskottet blir gitt med kr 2 215 i 2003-04. Retten til støtte skal gjelde så lenge eleven har rett til opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), til skolepengar i land utanfor Norden (gebyr- og tilleggsstipend) og til førebuande språkkurs i utlandet.
Reisestipend
I undervisningsåret 2003-04 blir reisestøtta til elevar og studentar som studerer i utlandet, gitt som 30 pst. lån og 70 pst. stipend for to tur-retur-reiser mellom Noreg og lærestaden. Elevar som tek ordinær vidaregåande opplæring i utlandet, får berre stipenddelen.
Regjeringa foreslår at det i undervisningsåret 2003-04 blir gitt tilskott til tre tur-retur-reiser mellom foreldreheimen i Noreg og lærestaden for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring i Noreg eller i Norden, utover ein eigendel på kr 970. Regjeringa foreslår at maksimalt utbetalt tilskott til reiser i eitt undervisningsår blir kr 7 000.
For elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, foreslår Regjeringa å avvikle stipend til innlandsreiser, reiser i Norden og til innlandsreiser for studentar i utlandet frå undervisningsåret 2003-04.
Løyvinga på posten dekkjer også stipenddelen av utgiftene til ei årleg heimreise, samt til reise ved starten og slutten av studiet for studentar som kjem inn under kvoteordninga for utdanningsstøtte til studentar frå Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland.
Gebyr- og tilleggsstipend
Frå undervisningsåret 2003-04 foreslår Regjeringa å avgrense ordninga ved å fjerne gradsstudium i psykologi og teknologiske fag på lågare grads nivå (bachelor) frå lista over fag som gir rett til gebyr- og tilleggsstipend. Avgrensinga gjeld ikkje studentar som er inne i eit studieløp.
I undervisningsåret 2003-04 foreslår Regjeringa at gebyrstipend blir gitt med inntil kr 52 320. Tilleggsstipend blir gitt med inntil kr 55 320. Ved endringar i valutakursen kan gebyr- og tilleggsstipend bli gitte med høgre beløp.
Stipend til førebuande språkkurs
Departementet foreslår at ein held fram med ordninga med eingongsstipend til førebuande språkkurs til studentar som vel ei utdanning der det ikkje blir undervist på engelsk.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer differansen mellom renteutgifter og renteinntekter for Lånekassen.
I motsetning til dei fleste andre europeiske land er studielån i Lånekassen rentefrie i utdanningstida. Rentefritaket under utdanning inneber ei subsidiering av låneopptaket til elevar og studentar.
Løyvinga på posten blir justert i samband med endringar i rentesatsar.
Regjeringa foreslår å føre vidare ein rentemargin på eitt prosentpoeng.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91.
Utdanningslån er personleg gjeld. Etter lov om utdanningsstøtte blir gjelda ettergitt når låntakaren døyr. Lånet kan også bli ettergitt heilt eller delvis når låntakaren er blitt ufør med uføregrad på minst 50 pst., eller langvarig sjuk. I 2001 vart det ettergitt om lag 126 mill. kroner i samband med uførleik, langvarig sjukdom og død. Dette er ein nedgang på om lag 13 mill. kroner samanlikna med 2000. Vidare kan heile gjelda bli ettergitt på visse vilkår for låntakarar frå utviklingsland og Sentral- og Aust-Europa som har hatt støtte frå Lånekassen som deltakarar i kvoteordninga, og som seinare har busett seg varig i heimlanda sine.
Løyvinga på posten skal også dekkje utgifter i samband med ordninga med ettergiving av delar av utdanningslånet for låntakarar som er busette i, og som utøver eit yrke i Finnmark eller i ein av dei sju verkemiddelkommunane i Nord-Troms. Låntakarar som er yrkesaktive legar i utvalde kommunar utanfor Finnmark eller Nord-Troms, blir også omfatta av ordninga med ettergiving av utdanningslån. Det er for desse ikkje eit vilkår at dei er busette i kommunen.
Studentar som har avslutta utdanninga og avlagt eksamen i einskilde lange studium, kan i dag få ettergitt delar av utdanningslånet. Gjennomføring av Kvalitetsreforma og innføring av ny gradsstruktur ved høgre utdanningsinstitusjonar vil føre til nedkorting av den totale studietida for dei fleste studieretningane. Ordninga med ettergiving av utdanningslån er innretta i høve til studium på fem år eller meir. Ordninga vart innført i 1980-åra for å auke rekrutteringa til høgre utdanning. I dag er rekrutteringa god, og det er mindre behov for ordninga. Departementet foreslår at ordninga med ettergiving av utdanningslån blir avvikla frå 1. august 2003. Avviklinga vil ikkje gjelde studentar som er i gang med langvarige studium som i dag gir rett til ettergiving i Lånekassen. Avviklinga vil først ha budsjettmessig verknad frå 2005.
Departementet foreslår at dagens satsar for ettergiving ved lange utdanningar blir førte vidare i 2003.
Post 74 Tap på utlån
Ved utgangen av 2001 var 44 700 kundar i Lånekassen under inkassohandsaming, mot 45 100 året før. Låntakarar under inkassohandsaming hadde ei uteståande gjeld på 4,5 mrd. kroner ved utgangen av 2001, som var det same som året før. Dette er første gong sidan 1996 at denne gjelda ikkje har auka. Ei forklaring kan vere den sterke satsinga på handsaming av inkassosaker i Lånekassen.
Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet
Løyvinga blir nytta til informasjonsarbeid retta mot nye studentar i utlandet. Dette inneber informasjon om norsk utdanning som grunnlag for opptak og særskilde ordningar ved utanlandske lærestader der det er norske studentar. Løyvinga skal også dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet. Løyvinga vil bli ført vidare på same nivå som i 2002.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer behovet som Lånekassen har for innlån frå staten.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
03 | Diverse inntekter | 279 | 54 | 356 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 7 014 | 9 500 | 9 500 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 47 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 623 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 55 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 609 | ||
72 | Gebyr | 124 538 | 130 000 | 143 000 |
90 | Avdrag | 4 825 661 | 4 600 000 | 5 000 000 |
91 | Tap og avskrivingar | 665 926 | 709 000 | 689 000 |
93 | Innbetaling fra konverteringsfond | 872 000 | ||
Sum kap. 5310 | 5 629 752 | 5 448 554 | 6 713 856 |
I høve til 2002 er det gjort denne tekniske endringa:
Post 03 er oppjustert med 0,3 mill. kroner, sjå parallell oppjustering av utgiftspost 01 under kap. 2410.
Post 03 gjeld refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder. Oppdraga gjeld m.a. utsending av materiell til kundegrupper i Lånekassen på vegne av desse verksemdene.
Visse innanlandske kostnader til flyktningar kan etter OECD sitt statistikkdirektiv bli definert som offentleg utviklingshjelp. Løyvinga på post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig.
Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen, m.a. gebyr per førstegongsvarsel for terminbeløp med forfall per 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.
Regjeringa foreslår å auke gebyret for andregongsvarsel med kr 20 til kr 280, og for tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) med kr 130 til kr 490. Førstegongsvarselet på kr 35 blir foreslått ført vidare i 2003.
Løyvinga på post 90 gjeld avdrag og renter til Lånekassen.
Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen.
Post 93 omfattar innbetaling til Lånekassen i samband med konverteringsordninga, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
80 | Renter | 4 767 583 | 5 377 800 | 6 033 000 |
Sum kap. 5617 | 4 767 583 | 5 377 800 | 6 033 000 |
Budsjettforslaget gjeld renter frå Lånekassen, jf. kap. 2410 post 72.
Programkategori 07.90 Den norske kyrkja
Utgifter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
0294 | Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 3294) | 346 866 | |||
0295 | Presteskapet (jf. kap. 3295) | 591 439 | |||
0297 | Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 3297) | 30 968 | |||
0299 | Opplysningsvesenets fond | 52 142 | |||
Sum kategori 07.90 | 1 021 415 |
Programkategori 07.90 er overført til Kultur- og kyrkjedepartementet frå 2002, sjå St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002). Sjå budsjettproposisjonen for Kultur- og kyrkjedepartementet for resultatrapport.
Inntekter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
3294 | Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 294) | 30 258 | |||
3295 | Presteskapet (jf. kap. 295) | 45 558 | |||
3297 | Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 297) | 12 274 | |||
3299 | Opplysningsvesenets fond (jf. kap. 299) | 52 142 | |||
Sum kategori 07.90 | 140 232 |
Programkategori 07.90 er overført til Kultur- og kyrkjedepartementet frå 2002, sjå St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002).
Kap. 294 Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 3294)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 106 461 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 482 | ||
71 | Tilskott til kyrkjelege formål | 110 924 | ||
72 | Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane | 110 000 | ||
73 | Tilskott til verksemda ved Nidaros domkyrkje | 1 500 | ||
79 | Til disposisjon for departementet , kan overførast | 4 499 | ||
Sum kap. 294 | 346 866 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 3294 Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 294)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 12 870 | ||
02 | Salsinntekter o.a. | 4 096 | ||
04 | Refusjonar | 10 147 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 163 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 586 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 085 | ||
60 | Tilskott frå kommunar | 5 | ||
70 | Tilskott frå private | 306 | ||
Sum kap. 3294 | 30 258 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 295 Presteskapet (jf. kap. 3295)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under kap. 294 post 71 | 588 433 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 3 006 | ||
Sum kap. 295 | 591 439 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 3295 Presteskapet (jf. kap. 295)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 2 344 | ||
04 | Husleigeinnbetalingar o.a. | 22 450 | ||
05 | Mekling | 536 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 590 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 4 378 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 15 260 | ||
Sum kap. 3295 | 45 558 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 297 Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 3297)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 30 968 | ||
Sum kap. 297 | 30 968 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 3297 Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 297)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Salsinntekter o.a. | 9 828 | ||
04 | Leigeinntekter o.a. | 1 907 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 78 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 461 | ||
Sum kap. 3297 | 12 274 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 299 Opplysningsvesenets fond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 19 663 | ||
79 | Til disposisjon for felleskyrkjelege tiltak , kan overførast | 32 479 | ||
Sum kap. 299 | 52 142 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.
Kap. 3299 Opplysningsvesenets fond (jf. kap. 299)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 22 | ||
54 | Overføring frå Opplysningsvesenets fond | 52 120 | ||
Sum kap. 3299 | 52 142 |
Sjå omtale under tabellen for kategori 07.90.