Del 2
Omtale av Miljøverndepartementet sine mål og verkemiddel
7 Innleiing til del II
Tabell 7.1 Miljøverndepartementet sin rekneskap og budsjett fordelt på resultatområde i åra 2001, 2002 og 2003
(i 1000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Resultatområde | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Budsjettforslag 2003 | Endring siste år i % |
1. Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald | 508 146 | 532 665 | 579 557 | 8,8% |
2. Friluftsliv | 90 503 | 85 592 | 93 297 | 9,0% |
3. Kulturminne og kulturmiljø | 198 519 | 208 998 | 230 333 | 10,2% |
4. Overgjødsling og oljeforureining | 337 705 | 185 728 | 41 699 | -77,5% |
5. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar | 93 173 | 123 774 | 143 454 | 15,9% |
6. Avfall og gjenvinning | 354 666 | 360 201 | 410 099 | 13,9% |
7. Klimaendringar, luftforureining og støy | 191 233 | 189 540 | 171 400 | -9,6% |
8. Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda | 177 291 | 342 742 | 276 889 | -19,2% |
9. Regional planlegging | 71 695 | 56 899 | 60 344 | 6,1% |
10 Kart og geodata | 270 754 | 274 271 | 283 336 | 3,3% |
11. Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver | 507 444 | 503 207 | 494 796 | -1,7% |
Sum | 2 801 129 | 2 863 607 | 2 785 178 | -2,7% |
Tabellen viser planlagt disponering av Miljøverndepartementet sitt budsjett innanfor det enkelt resultatområde på tvers av ulike programkategoriar og kapittel. Tabellane inneheld rekneskapstal for 2001 og planlagt disponering av budsjetta for 2002 og 2003. Dei endringane som går fram av tabellen er ikkje berre eit resultat av opp- eller nedprioritering, men kjem òg av tekniske endringar. Dette vil gå fram av omtala nedanfor der det både er fokusert på budsjettvise endringar og større tekniske omleggingar av budsjettet.
Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 2 785,2 mill. kr. Dette er ein nominell nedgang på 2,7 % sammenlikna med saldert budsjett for 2002. Nedgangen skuldast i hovudsak at løyvinga til miljøtiltak på Kola blir redusert i samsvar med den avtalte utbetalingstakten for tilskotet i 2003. Det samla norske tilskotet blir ikkje endra som følgje av denne reduksjonen. Beredskapsansvaret for akutt forureining er flytt frå Miljøverndepartementet til Fiskeridepartementet saman med løyvingane til dette formålet. Når ein justerer for desse endringane, er det likevel ein auke på Miljøverndepartementet sitt budsjett med 3,9 %.
Resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald
Budsjettet på resultatområde 1 aukar med om lag 9 % frå 2002 til 2003, og er på 579,6 mill kr. Årsaka til auken er Regjeringa si prioritering av vern. Det er lagt inn meir i løyving til barskogvern, fylkesvise verneplanar, vern av villaksen og fjellreven. I tillegg er tilsegnsfullmakta for nasjonalparkane auka med meir enn 100%. Dette gir grunnlag for fleire utvidingar og nyetableringar av nasjonalparkar.
Resultatområde 2 Friluftsliv
Som ei oppfølging av Stortingsmelding nr 39 (2000-2001) om Friluftsliv, foreslår Regjeringa ein auke i løyvingane til friluftsliv. Auken er på 9 % og gjeld hovudsakeleg ei styrking av arbeidet med tilrettelegging for allmenta i verna område, og å sikre og vidareutvikle potensialet for friluftsliv i strandsona.
Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø
Resultatområdet aukar med 10,2 % samanlikna med 2002-budsjettet. Dette skriv seg m.a. frå 6,5 mill kr i avkastning frå kulturminnefondet, men i tillegg er det foreslått ein auke for å følgje opp vedtaket om å verne områda rundt Yttersjø gard i Larvik kommune. I tillegg blir det foreslått auka løyving til stavkyrkjene, kystkultur og fartøyvern og teknisk-industrielle kulturminne. Innanfor auken er det òg lagt opp til å prioritere etablering av eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje og auka midlar til restaureringsarbeid ved Stavanger domkyrkje.
Resultatområde 4 Overgjødsling, oljeforureining og akutte utslepp
Nedgangen på resultatområde 4 skuldast at heile oljevernberedskapen på kap 1443 er overført til Kystverket som ligg under Fiskeridepartementet. Ordninga med tilskot til kommunale avløpstiltak er òg avvikla. Dei siste tilskota vart utbetalte i 2002.
Resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Resultatområde 5 aukar med 15,9 %. Regjeringa intensiverer arbeidet med forureina sediment, og det er foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kr for å trappe opp arbeidet med oppryddingstiltak og tiltaksretta undersøkingar. I tillegg foreslår Regjeringa ei auka bestillingsfullmakt på 20 mill. kr. på dette området. Delar av denne posten vart tidlegare òg nytta til andre oppryddingstiltak, mellom anna skipsvrak. I 2003 vil derimot heile posten bli nytta til forureina sediment. Ei anna satsing er arbeidet med elektronisk innmelding av informasjon til produktregisteret.
Resultatområde 6 Avfall og gjenvinning
Resultatområdet aukar med 13,9 % samanlikna med 2002, i hovudsak fordi driftsstøtta til biloppsamlingsplassane aukar med 17,3 mill kr. og at det blir etablert ei ny tilskotsordning for energiutnyttelse frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall. Det er foreslått 40 mill. kr til dette tiltaket.
Resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy
Nedgangen skuldast mellom anna at låneløyvinga til Statens miljøfond er foreslått redusert pga. endra prognosar for utbetalingane. Forsking og teknologiutvikling er eit spesielt viktig satsingsområde, og i budsjettet for 2003 foreslår Regjeringa å styrkje klimaforskinga med 4 mill. kr. Ein vil fokusere sterkare på effektar av klimaendringar i tillegg til å styrkje den generelle klimaforskinga.
Resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, - bistand, nord- og polarområda
Årsaka til nedgangen på resultatområdet er at løyvinga til nikkelverka i Petsjenga på Kola er sett ned med om lag 60 mill. kr, i samsvar med den avtalte utbetalingstakten for tilskotet i 2003. Det samla norske tilskotet blir ikkje påverka av denne reduksjonen.
Resultatområde 9 Regional planlegging
Resultatområdet viser ein auke på 6,1 % samanlikna med 2002-budsjettet. Auken er hovudsakeleg midlar til utvikling av eit system for elektronisk byggjesaksbehandling og til prioritering av By- og tettstadsmeldinga.
Resultatområde 10 Kart og geodata
Resultatområdet viser ein auke på 3,3 % og er berre tekniske kompensasjonar som priskompensasjon og rammeoverførte løyvingar frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet til husleigekompensasjon.
Resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver
Resultatområdet viser ein reduksjon på 1,7 %, delvis fordi driftsutgiftene i miljøvernforvaltninga blir reduserte.
8 Resultatområde 1: Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar bevaring av biologisk mangfald gjennom berekraftig bruk, vern og restaurering. Hovudårsakene til tap av biologisk mangfald er knytte til arealbruk (fysiske inngrep og arealbruksendringar), forureining, overutnytting og spreiing av framande arter, under dette genmodifiserte organismar. Resultatområdet omfattar derfor òg arbeidet med å motverke negative miljøeffektar på det biologiske mangfaldet av desse påverknadene, med unntak av forureining som blir dekt av resultatområde 4-8. Bevaring av verdifulle geologiske førekomstar og ulike landskapskvalitetar inngår òg i resultatområdet. Forvaltning av landskap må ein sjå i samanheng med resultatområde 2 og 3. I tillegg dekkjer resultatområdet internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale prosessar og avtaler for å sikre berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Strategisk mål
Naturen skal forvaltast slik at arter som finst naturleg blir sikra i levedyktige bestandar, og slik at variasjonen av naturtypar og landskap blir halden oppe og gjer det mogleg å sikre at det biologiske mangfaldet får halde fram med å utvikle seg.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 8.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar. | 1.1. Gjennomføre fylkesvise verneplanar i løpet av år 2005 | - Talet gjennomførte fylkesvise verneplanar. |
1.2. Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010. | - Talet nye verneområde etablerte | |
1.3. Gjennomføre vern av marine område av nasjonal verdi i alle dei naturgeografiske regionane langs kysten. | - Talet marine område verna etter naturvernlova fordelt på naturgeografisk region (ikkje operativ enno). | |
1.4. Sikre at verneområde blir forvalta i tråd med verneføremålet. | - Prosentdel av verneområde der forvaltninga er i tråd med verneføremålet (ikkje operativ enno). | |
2. I truga naturtypar skal ein unngå inngrep og i omsynskrevjande naturtypar skal ein halde oppe viktige økologiske funksjonar. | 2.1. Etablere eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald i samarbeid med sektorane innan 2005, jfr. St.meld. nr. 42 (2000-2001) «Biologisk mangfald Sektoransvar og samordning». | - Etablert Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, under dette etablering av artsdatabank. - Lagt fram utgreiing om bruk av økonomiske verkemiddel. - Etablert ein interdepartemental informasjonsstrategi. - Initiert «Ope forskningsforum for biologisk mangfald». - Talet km2 bortfall av areal i inngrepsfrie område, jf. database inngrepsfrie område. - Tal inngrep/omdisponeringar i omsynskrevjande naturtypar. |
2.2. Samordne Noreg sitt arbeid med internasjonal gjennomføring av konvensjonen om biologisk mangfald. | - Kvalitativ vurdering av arbeidet. | |
2.3. Sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under konvensjonen om biologisk mangfald, den europeiske landskapskonvensjonen og andre relevante avtaler. | - Kvalitativ vurdering av arbeidet. | |
2.4 Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område. | - Talet på dispensasjonar som er gitt. | |
3. Forvalte kulturlandskapet slik at kulturhistoriske og estetiske verdiar, biologisk mangfald og tilgjenge blir haldne oppe. | 3.1. I samarbeid med involverte partar leggje til rette for utvikling av føremålstenlege forvaltningsmåtar og verkemiddel for verdifulle kulturlandskap, og leggje til rette for at alle sektorar tek omsyn til kulturlandskapet i si verksemd. | - Talet på og delen av areal av verdifulle kulturlandskap i «Nasjonal-registrering» som er i «god hevd» (ikkje operativ enno). |
4. Hausting og annan bruk av levande ressursar skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir utrydda eller truga. | 4.1. Sikre at forvaltninga av utnyttbare vilt- og ferskvannsfiskeressursar innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeide i samarbeid med rettighetshavarar, kommunar og brukarar. | - Talet på driftsplanar som er lagt til grunn for forvaltninga. - Talet på laksebestandar som er truga av overutnytting. |
5. Menneskeskapt spreiing av organismar som ikkje høyrer naturleg heime i økosystema, skal ikkje skade eller avgrense økosystema sin funksjon. | 5.1. Førebyggje introduksjonar av miljøskadelege organismar, og førebyggje negative effektar av tilsikta og utilsikta introduksjonar. | - Talet på kjende innførsler som kan vere årsak til skade på miljøet. |
5.2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetnad av genmodifiserte organismar slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø. | - Talet på økosystem som er signifikant endra i samansetjing og produktivitet som følgje av introduksjonar. | |
6. Halde oppe eller byggje opp att truga arter til livskraftige nivå. | 6.1. Sikre levedyktige bestandar i Noreg av dei store rovdyra. | - Talet på familiegrupper av ulv. - Talet på reproduserande bjørnebinner. - Talet på ynglande jervetisper. - Talet på gaupeindivid. |
6.2. Sikre dei ville laksebestandane. | - Talet på truga og sårbare bestandar. | |
6.3. Medverke til å redusere presset på truga og sårbare arter gjennom samarbeid med andre involverte partar. | - Talet på raudlistearter knytte til - elvedelta - skogsbiotopar - beite- og slåtteenger - villmarksprega område. | |
7. Disponere dei jordressursane som har potensial for matproduksjon slik at ein tek omsyn til framtidige generasjonar sine behov. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1. 1 Gjennomføre fylkesvise verneplanar i løpet av år 2005.
I 2001 vart 108,7 km2 verna. Det vart fatta vernevedtak for verneplan for Maridalen, verneplan for Oslomarka del I og verneplan for myr Hedmark.
I løpet av 2002 er verneplan for Oslomarka del II, kystverneplan for Nordland, revidert verneplan for Jærstrendene, verneplan for havstrand og elveos for Møre og Romsdal, og verneplan for Gjessåsjøen planlagt gjennomført.
I 2003 er følgjande fylkesvise verneplanar planlagt gjennomførte: verneplan kyst Troms, verneplan edellauvskog og verneplan for sjøfugl i Møre og Romsdal, verneplan for sjøfugl Nord-Trøndelag, verneplan for sjøfugl Sør-Trøndelag og verneplan for Nord-Talgje.
Arbeidsmål 1.2 Gjennomføre nasjonalparkplanen gjennom å opprette 36 nye og utvide 14 eksisterande verneområde innan 2010.
Per 01.07.02 er 5 av dei om lag 50 verneframlegga i nasjonalparkplanen gjennomførte. I 2. halvår av 2002 er følgjande område planlagt verna: Nærøyfjorden og Skrim, utviding av Stabbursdalen, Øvre Pasvik, Femundsmarka og Gutulia nasjonalparkar, og Røstøyane, Helgelandsøyane og Svellingsflaket som del av kystverneplan Nordland. I 2003 er det lagt opp til at følgjande område skal vernast: Hartkjølen, Verdal/Snåsa/Lierne, utviding av Rondane og Børgefjell nasjonalparkar, Møysalen (Indrefjord/Øksfjord), Roltdalen og Frafjordheiane.
Statens naturoppsyn (SNO) er no etablert i dei fleste store nasjonalparkane i Sør-Noreg. Det er lagt opp til å vurdere oppsynsbehovet i nye nasjonalparkar og store verneområde i samband med vernevedtaka, og nye SNO-stillingar kjem naturleg til vurdering i denne samanhengen. I nye Forollhogna nasjonalpark er det førebels ikkje etablert statleg naturoppsyn. Heller ikkje i den nye Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark er det førebels etablert eit tilfredsstillande statleg naturoppsyn. Per 15.09.02 er det autorisert 9 nasjonalparksenter.
Arbeidsmål 1.3 Gjennomføre vern av marine område av nasjonal verdi i alle dei naturgeografiske regionane langs kysten.
Arbeidet med ein marin verneplan vart sett i gang i 2001. Eit breitt samansett nasjonalt rådgivande utval skal leggje fram tilrådinga si hausten 2002. Forslag til verneplan blir deretter utarbeidd og sendt på høyring.
Arbeidsmål 1.4 Sikre at verneområde blir forvalta i tråd med verneformålet.
Resultatindikatorar for arbeidsmålet er ikkje utarbeidde enno. Område verna i medhald av naturvernlova skal forvaltast i tråd med verneformålet slik at verneverdiane blir haldne ved lag. Alle kommunar i landet har fått tilbod om å overta forvaltningsansvar for naturreservat, naturminne og landskapsvernområde. Direktoratet for naturforvaltning har i løpet av 2001 sendt ut konkrete tilbod om forvaltingsmynde til kommunar som har sagt seg interesserte i å overta dette. Pr. september 2002 har 59 kommunar svart positivt. Ei rekkje av desse har teke ulike atterhald. Forvaltingsansvar vart delegert til ein kommune i Rogaland og fem kommunar i Sør-Trøndelag hausten 2001. Det er òg sendt ut tilbod om forvaltingsmynde til kommunar med tilknyting til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og Forollhogna nasjonalpark.
Direktoratet for naturforvaltning sende ved årsskiftet 2001/2002 ut ei ny handbok til hjelp i forvaltninga m.a. når det gjeld lovgiving, fortolking av verneforskrifter, forvaltingsplanar m.m. Handboka er òg distribuert til aktuelle kommunar.
Statens naturoppsyn er i ferd med å etablere fleire stillingar i kystsona. Dette vil styrkje den praktiske oppfølginga av verneområde i kystsona i fleire fylke. Det er likevel behov for å styrkje innsatsen på dette området.
Arbeidsmål 2.1. Etablere eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald i samarbeid med sektorane innan 2005, jf. St.meld. nr. 42 (2001-2002) «Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning».
I St.meld. nr. 42 (2000-2001) er det lagt opp til å etablere eit nytt kunnskapsbasert forvaltningssystem for biologisk mangfald. Systemet inneber ei statleg samordning av juridiske og økonomiske verkemiddel, der desse er retta mot dei viktigaste områda for biologisk mangfald.
Område med stor verdi for biologisk mangfald blir identifiserte gjennom arbeidet med kartlegging, overvaking og artsdatabank.
Arbeidet med å etablere ein artsdatabank starta våren 2001 og er leia av Utdannings- og forskingsdepartementet. Eit utval med deltaking frå forsking, forvaltning og frivillige organisasjonar la i august 2001 fram «Rapport med forslag til etablering og drift av artsdatabank i Norge». Artsdatabanken blir etablert i 2002.
I løpet av 2002 vil ca. 330 kommunar vere i gang med å kartleggje dei viktigaste områda for biologisk mangfald i kommunane. Planen er at alle kommunar skal vere i gang med denne kartlegginga i 2003/2004. Hovuddelen av utgiftene blir dekte av kommunane, men det blir gitt eit eingongstilskot frå kap. 1410 post 60 Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald. I 2002 er det venta at ca. 100 kommunar vil ha ferdige datasett med biologisk mangfald. Desse vil inngå i fylksesvise og nasjonale fagsystem og blir offentleg tilgjengelege. Gjennom m.a. plan- og bygningslova vil utviklinga av det nye forvaltningssystemet leggje til rette for at kommunane blir sentrale i forvaltning av biologisk mangfald i Noreg.
Gjennom arbeidet med karakterisering av vassførekomstar i EU sitt rammedirektiv for vatn, vil ein få fram mykje god kunnskap om biologisk mangfald knytt til vatn. Dette arbeidet tok til i 2002.
Direktoratet for naturforvaltning si kartlegging av omfanget av inngrepsfrie område (der avstanden til tekniske inngrep er meir enn 1 km) og villmarksprega område (der avstanden til tekniske inngrep er meir enn 5 km), syner at frå 1988 til 1998 er utstrekninga av inngrepsfire område redusert med 3 % (4500 km2) og dei villmarksprega redusert med 4 % (1600 km2). Det er òg laga kart som viser utviklinga for villmarksprega område frå 1900 til 1998. Status for desse områda er føresett oppdatert i 2003. Denne kartlegginga utgjer no ein viktig del av grunnlaget for arealplanlegging og -disponering i delar av landet.
Direktoratet har òg oppretta ein database over elvedelta med areal på over 250 daa, i alt 282 delta. 43 av desse er klassifiserte som «sterkt berørte». 39 av desse ligg i Sør-Noreg.
Arbeidsmål 2.2. Samordne Noreg sitt arbeid med internasjonal gjennomføring av konvensjonen om biologisk mangfald.
Miljøverndepartementet samordnar arbeidet under konvensjonen om biologisk mangfald med relevante departement. I 2002, under det sjette partsmøtet i konvensjonen vart det vedteke ein strategisk plan for å styrkje arbeidet med å sikre det biologiske mangfaldet. Med Noreg som sterk pådrivar vart det òg vedteke retningslinjer for introduksjon av framande arter og for genressursar. Det er eit mål at konvensjonen skal ha ei leiarrolle innanfor biomangfald i internasjonale fora.
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) skal sikre at handel og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen trer i kraft etter at 50 land har ratifisert den. Noreg ratifiserte protokollen som tredje land 10. mai 2001. I september 2002 hadde 34 land ratifisert avtala.
Noreg har medverka aktivt til ei operasjonalisering og vidareutvikling av FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Eit prioritert tema har vore å styrkje det vitskaplege fundamentet for konvensjonen, gjennom oppretting av eit vitenskapspanel for biologisk mangfald. Noreg har vore ein pådrivar for ei rekkje saker under konvensjonen, m.a. behovet for god samordning mellom relevante internasjonale fora og biokonvensjonen, forholdet mellom handel og miljø i arbeidet med biologisk mangfald (under dette arbeidet med introduserte arter og genmodifiserte organismar), naudsynt styrking av landa sin eigen kapasitet, og forholdet mellom klimakonvensjonen og biologisk mangfald er døme på dette arbeidet.
Arbeidsmål 2.3. Sikre at Noreg følgjer opp sine nasjonale plikter under konvensjonen om biologisk mangfald, den europeiske landskapskonvensjonen og andre relevante avtaler.
Ei rekkje av pliktene under biokonvensjonen, under dei kartlegging, overvaking, arealbruk, hausting av biologiske produkt, utvikling av naudsynte verkemiddel, genteknologi og spreiing av framande organismar, blir følgde opp løpande. Innsatsen vil bli ytterlegare styrkt ved betre samordning av tiltak, jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001) om biologisk mangfald som vart behandla i Stortinget i 2002.
Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren er sekretariat for eit nordisk prosjekt for oppfølging av den europeiske landskapskonvensjonen. Parallelt med dette er det ein internasjonal innsats for å følgje opp denne på europeisk nivå og det vil vidare vere ein nasjonal innsats for oppfølging av konvensjonen.
Arbeidsmål 2.4. Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å minimalisere påverknaden på naturmiljø ved at ferdsla i større grad blir kanalisert til bestemte trasear og område.
Det totale talet på snøskuterar per 31.12.00 var 48 300. Per 31.12.01 hadde talet stige til 50 500. Dette indikerer at omfanget av motorferdsel i utmark har auka. Ved å kople kommunale planprosessar og planvedtak med lokal motorferdselpolitikk vil Regjeringa prøve om formålet med motorferdsellova kan bli betre oppfylt. Dette vil auke medvitet rundt dei verdiane som bruk av motorkøyretøy i utmark kan komme i konflikt med. Åtte kommunar deltek i ei treårig forsøksordning som skal gi grunnlag for betre styring av motorferdsel i utmark. 2003 blir eit viktig år i dette prosjektet, ettersom alle kommunane har ferdigstilt sine planar. Norsk institutt for naturforsking (NINA) vil følgje gjennomføringa i dei enkelte kommunane med tanke på å bringe fram ei evaluering av prosessane og om måla blir oppfylte.
Det er god grunn til å gi barmarkkøyringa større merksemd framover. Eit stadig større tal terrenggåande køyretøy blir registrerte, og det kan vere naudsynt med ein informasjonskampanje for å klargjere regelverket.
Det er behov for å styrkje kontrollen med ulovleg køyring, og spesielt er villmannskøyring med snøskuter prioritert. Statens naturoppsyn vil i samråd med politiet og andre oppsyn følgje opp dette.
Arbeidsmål 3. 1. I samarbeid med involverte partar leggje til rette for utvikling av føremålstenlege forvaltningsmåtar og verkemiddel for verdifulle kulturlandskap, og leggje til rette for at alle sektorar tek omsyn til kulturlandskapet i si verksemd.
Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har i fellesskap utarbeidd ein strategi for arbeid med landskap, som vil vere med og danne grunnlag for innsatsen på dette feltet.
Direktoratet for naturforvaltning har i 2000/2001 motteke rapportering frå dei fleste fylke om status for dei prioriterte områda i Nasjonal registrering (verdifulle kulturlandskap). På bakgrunn av denne rapporteringa har Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren utarbeidd ein rapport om vidare oppfølging av dei nasjonalt prioriterte kulturlandskapa. Det er m.a. behov for å auke kunnskapen om tilstanden til områda, å utføre supplerande registreringar, særleg på kulturminnesida, og å gå gjennom og revidere den nasjonale lista.
Dei nasjonalt prioriterte kulturlandskapa er m.a. eit viktig grunnlag for prioriteringa av landbruksforvaltninga sin verkemiddelbruk (STILK-midlar mfl).
Arbeidsmål 4.1. Sikre at forvaltninga av utnyttbare vilt- og fiskeressursar innan 2006 som hovudregel blir basert på driftsplanar utarbeidde i samarbeid mellom rettshavarar, kommunar og brukarar.
Den driftsplanbaserte forvaltinga av vilt- og fiskeressursane krev at rettshavarane er organiserte i høvelege einingar som kan ivareta interessene deira. Slike einingar må vere juridisk og økonomisk forpliktande slik at styresmaktene kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på desse tilhøva og komme med innstilling i løpet av 2003.
Det er no utarbeidd driftsplanar for ca. 60 % av vassdraga med årleg fangst over 100 kg.
Reguleringar av laksefisket er i dag baserte på kunnskap om storleiken på bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. Forslag til eit opplegg for innføring av eit kvoteregulert laksefiske i samsvar med St.meld. nr. 8 (1999-2000) vil bli ferdigstilt innan utgangen av 2005.
Arbeidsmål 5.1. Førebyggje introduksjonar av miljøskadelege organismar, og førebyggje negative effektar av tilsikta og utilsikta introduksjonar.
Det er kjent at det per 01.07.02 minst er innført 12 framande organismar som ein meiner kan ha vore årsak til skade på miljøet. Det er ein generell auke i talet på introduserte arter. Auka handel, transport, turisme og reising kombinert med nedbygging av grensekontroll, medverkar til fleire introduksjonar.
Regelverket dekkjer i dag import av planter og dyr, og produkt i seg sjølv. Lovgivinga er likevel oppstykkja og ikkje dekkjande for alle arter. Det regjeringsoppnemnde lovutvalet for biologisk mangfald vil i løpet av 2002 og 2003 m.a. utgreie nytt regelverk basert på føre var-prinsippet. Introduserte arter kan ha effektar som grip over mange sektorar, og det vil bli sett i verk eit utvida samarbeid mellom sektorstyresmaktene for finne metodar for å handtere dette. I tillegg vil det bli lagt auka vekt på informasjon til allmenta om kva reglar som gjeld ved innførsel av dyr og planter til Noreg.
Det blir arbeidd med eit regelverk for å hindre spreiing av framande og skadelege arter via ballastvatn. Det blir teke sikte på høyring og vedtak av regelverket i 2003.
Arbeidsmål 5. 2. Handtere reguleringa av utsetjing, under dette omsetning av genmodifiserte organismar slik at det ikkje oppstår skade på helse og miljø.
Av 32 omsøkte produkt i EU/EØS er 18 godkjende i EU. Noreg har gjennom ei tilpassing i EØS-avtala høve til å seie nei til EU-godkjende GMO-produkt som ikkje tilfredsstiller krava i genteknologilova om helse, miljø, berekraft, samfunnsnytte og etikk. Noreg har følgjeleg sagt nei til 8 produkt. Desse er mais, oljeraps (3 typar) og sikorisalat, to vaksinar mot respektive rabies og pseudorabies, og ein mjølketest. Plantene og mjølketesten er forbodne fordi dei inneheld genar som kan gi resistens mot antibiotika. Ein tobakk og tre typar nellik er tillatne omsett i Noreg, men er lite aktuelle å dyrke. I andre saker ventar ein på fleire opplysningar før behandling. Det er per august 2002 ikkje innført genmodifiserte organismar (GMO) som kan medføre endringar i norske økosystem.
Globalt er Cartagena-protokollen om genmodifiserte oragnismar viktig for å sikre at handel med og bruk av levande GMO ikkje skader biologisk mangfald eller helse. Protokollen vil venteleg tre i kraft internasjonalt neste år.
Arbeidsmål 6.1. Sikre levedyktige bestandar av dei store rovdyra.
Registreringar vinteren 2002 (mars-april) viser at det er 9-10 familiegrupper (flokkar) av ulv i Sør-Skandinavia. I tillegg er det registrert 5-6 revirmarkerande par. Av familiegruppene er ei registrert i Noreg, fem i Sverige, og tre på tvers av riksgrensa. Av registrerte par er 3 i Sverige, 2 i Noreg og 1 på tvers av riksgrensa. Bestandsovervaking av ulv skjer i nært samarbeid mellom svenske og norske forskingsmiljø innanfor forskingsprogrammet Skandulv.
Estimatet på talet bjørnar i Noreg er på 35-55 individ. Registreringar tyder på ein viss vekst i bestanden. Reproduktive binner er påviste i Finnmark (Sør-Varanger), Nord-Trøndelag (Lierne) og Hedmark (Trysil). Eit nytt bestandsestimat vil liggje føre våren 2003.
Førebels status for yngling hos jerv viser at det per 1. juni 2002 er 18 trulege eller dokumentere ynglingar i Nord-Noreg og 5 i Sør-Noreg. På grunn av dei særskilde vêrtilhøva våren 2002 med tidleg snøsmelting, er desse minimumstala rekna som særs usikre dette året. For 2001 vart det registrert 12 ynglingar i Sør-Noreg og 29 ynglingar frå og med Nord-Trøndelag og nordover. For gaupe ligg inga nyare landsdekkjande oversikt føre, men ein reknar med ein viss reduksjon i bestanden til om lag 500 individ.
Bestanden av gaupe på landsbasis og bestanden av jerv frå Nord-Trøndelag og nordover og i Sør-Noreg er vurdert som levedyktig på det bestandsnivået som er i dag.
Den skandinaviske bestanden av ulv har nådd det minimumsnivået som vart sett av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr 35 (1996-97). Bestanden på norsk side er på eit lågt nivå. Nærare analysar av dette vil bli lagt fram i slutten av 2002. Bestandsmåla for bjørn i kjerneområda som omfattar den skandinaviske bjørnebestanden (dvs. utanfor Finnmark) er ikkje oppfylte.
Arbeidet med bestandsovervaking held fram og er eit viktig verktøy for forvaltningstiltak.
Gjennom Statens naturoppsyn si nye rolle innan m.a. skadedokumentasjon og bestandsregistrering, er det samtidig etablert eit grunnlag for å førebyggje ulovleg jakt eller annan miljøkriminalitet knytt til dei store rovdyra.
Arbeidsmål 6.2. Sikre dei ville laksebestandane.
Laksefisket dei siste to åra har totalt sett vore betre enn på mange år som følgje av ein kombinasjon av betre temperaturforhold i havet og spesielt gode føresetnader for oppvandring i elvane i fiskesesongen. Det er i all hovudsak dei bestandane som har vore i rimeleg god forfatning også i dei seinare åra som har gitt grunnlag for auka fangst. Omlag ein tredel av bestandane er framleis truga eller sårbare.
Arbeidet med å sikre dei ville laksebestandane vil bli styrkt. Forslag til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vart lagt fram for Stortinget i juni 2002. Forslaget vil vere eit viktig ledd i arbeidet med å sikre villaksen. I tillegg vil kampen mot G. salaris bli prioritert.
Statens naturoppsyn er i ferd med å styrkje lakseoppsynet gjennom organisatoriske endringar og etablering av fleire stillingar i kystsona. Gjennom samarbeid og samordning med politiet, Kystvakta og andre aktørar vil utviklingstrekk i viktige lakseområde bli fanga betre opp, og kontrollen med ulovleg fiske bli styrkt.
Arbeidsmål 6.3. I samarbeid med aktuelle partar redusere talet på truga og sårbare arter.
I den nasjonale raudlista blir det ført oversikt over arter som er truga av utrydding, arter som er sårbare eller som krev omsyn og arter som er i ein slik situasjon at dei bør overvakast. Raudlista blir ikkje oppdatert årleg. Siste oppdatering vart gjort i 1998.
I lista for 1998 var 292 arter i Noreg plasserte i kategorien direkte truga, og 572 som sårbare. Vidare var 886 arter plasserte i kategorien omsynskrevjande, dvs. arter som på grunn av tilbakegang krev spesielle omsyn og tiltak.
451 arter var i 1998 plasserte i kategorien «bør overvakast». Desse artene er i tilbakegang, men er ikkje rekna som truga. Kategorien er noko «usikker» då det ikkje dreier seg om truga arter, men arter som f.eks. er på grensa av utbreiingsområdet sitt.
Bestandssituasjonen for fjellrev i Noreg er svært alvorleg. I Noreg (utanom Svalbard) er det færre enn 50 vaksne fjellrevar att, og arta er klassifisert som «direkte truga» på raudlista. Ved behandlinga av budsjettet for 2002, jf. B.Innst.S.nr.9 (2001-2002), viste stortingskomiteen til tidlegare merknader for å hindre at fjellreven blir borte. Fleirtalet i komiteen presiserte at bevaring av fjellreven er eit prioritert område i 2002. For å hindre at fjellreven blir borte frå den norske fjellnaturen, er det sett i gang tiltak for å styrkje bestanden. Det høgast prioriterte tiltaket er innfanging og avl av fjellrevkvelpar for seinare utsetjing. Direktoratet for naturforvaltning har etablert eit avlsprosjekt. I 2001 vart seks kvelpar fanga inn til avlsføremål. Aktiviteten i 2002 er fangst av kvelpar og røkt av innfanga dyr. Det er fanga inn tre kvelpar i 2002. Overvaking av arta kjem i tillegg.
Hos fjellrev er det nøye samanheng mellom smågnagarår og reproduksjon. I 2001 var det ein «topp» i lemenbestanden, og det vart påvist 15 fjellrevynglingar. I 2002 er det påvist 8 små kull, av dei 5 i Finnmark.
Miljøverndepartementet har sett inn ekstra innsats i 2002 i arbeidet med å ta vare på fjellreven. Det blir lagt vinn på å samarbeide med dei frivillige organisasjonane. Det vidare arbeidet med fjellreven vil skje med utgangspunkt i ein handlingsplan som er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning i 2002.
Gjennom den gradvise utbygginga av Statens naturoppsyn er kontrollen med ulovleg jakt på sårbare og truga arter blitt stadig betre.
Det nasjonale programmet for kartlegging, overvaking og etablering av artsdatabank er hovudtiltak i St.meld. nr. 42 (2000-2001) om biologisk mangfald. Eit slikt system vil betre leggje til rette for at artsmangfald og viktige naturtypar blir tekne vare på, under dette raudlisteartene og levestadane deira. Truga og omsynskrevjande arter og naturtypar skal bli kartlagt og kunnskapen gjort tilgjengeleg for forvaltningsstyresmaktene på alle nivå. Dette systemet er ein parallell til Natura 2000-programmet i EU som skal ta vare på levestadane for tilsvarande arter etter dei såkalla habitat- og fugledirektiva. System i Noreg tek i tillegg sikte på å samordne dei økonomiske og juridiske verkemidla slik at alle sektorar og styresmakter må ta ansvaret på sine område.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 579,6 mill. kr. Finansieringa er i hovudsak dekt av budsjettramma for Direktoratet for naturforvaltning, jf. kap. 1427, og fagkapitla 1425 og 1426, men òg kapitla 1400, 1410, 1429 og 1441 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2003. Fylkesmannen har òg ansvar for store oppgåver under resultatområde 1. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 11. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.
Naturvernlova, viltlova, laks- og innlandsfisklova, genteknologilova og plan- og bygningslova er dei viktigaste juridiske verkemidla for miljøvernforvaltninga innan resultatområdet. Friluftslova har innverknad på arealforvaltning og naturbruk. Vernearbeidet etter naturvernlova skjer i det alt vesentlege gjennom tematiske fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen, marin verneplan og framtidige verneplanar for utvida skogvern. Område med særleg store natur- og kulturverdiar kan òg fredast etter kulturminnelova, eventuelt i kombinasjon med naturvernlova og plan- og bygningslova. Lov om statleg naturoppsyn har som mål å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. Lova har lagt grunnlaget for etablering av Statens naturoppsyn (SNO). SNO vil bli utvikla vidare, med spesiell prioritet på etableringar i kystsona og i samband med etablering av nye store verneområde.
Motorisert ferdsel i utmark og vassdrag er regulert av motorferdsellova og nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark.
Framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (GMO) er regulert i genteknologilova i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling. Forvaltninga i Miljøverndepartementet skjer i samråd med andre aktuelle departement. Fagleg koordinering av nye søknader frå EU om omsetning av GMO er lagt til Direktoratet for naturforvaltning. FN-konvensjonen om biologisk mangfald har som hovudmålsetjingar vern av biologisk mangfald, berekraftig bruk av biologiske ressursar og likeverdig fordeling av fordelane med utnytting av genetiske ressursar. Partslanda har m.a. forplikta seg til å utarbeide nasjonale strategiar og handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald, og å integrere bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald i relevante sektorielle eller tverrsektorielle planar, program og politikk. Trondheimkonferansen om biologisk mangfald som Noreg har arrangert i samarbeid med fleire internasjonale organisasjonar, medverkar til ei strategisk og fagleg utvikling av konvensjonen om biologisk mangfald. Noreg skal saman med FN invitere til ein ny Trondheimskonferanse om biologisk mangfald i 2003. Konferansen vil drøfte saker knytte til overføring av teknologi og kompetanse.
Som ei oppfølging av plikta til å utvikle ein nasjonal handlingsplan for konvensjonen, vart St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfald - sektoransvar og samordning lagt fram våren 2001. I meldinga føreset Regjeringa at det blir etablert eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald. Regjeringa vil særleg prioritere desse innsatsområda for åra 2001-2005: Etableringa av eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking (under dette etablering av ein artsdatabank), samordning av juridiske og økonomiske verkemiddel og informasjon, forsking og kompetanse. Miljøverndepartementet leier arbeidet med det nasjonale programmet som blir starta i 2003.
Når det gjeld juridiske verkemiddel er eit lovutval nedsett for å vurdere lovverk om biologisk mangfald og relevant sektorlovgiving (Biomangfaldlovutvalet). Utvalet vil òg vurdere erstatninga for vern etter naturvernlova. Når det gjeld økonomiske verkemiddel vil det bli sett i verk ei utgreiing der ein vil vurdere endringar i eksisterande og behov for nye økonomiske ordningar som kan rettast inn mot område med stor verdi for biologisk mangfald.
Noreg vil medverke aktivt til ei vidareutvikling og operasjonalisering av konvensjonen m.a. gjennom å følgje opp vedtak innanfor forskjellige sektorar og tema: skog, jordbruk, ferskvatn, tørre område og marine system, GMO, urbefolkning, genressursar og introduksjon av framande arter. Internasjonalt samarbeid om berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald finn òg stad gjennom ei rekkje andre internasjonale og regionale konvensjonar, avtaler og organisasjonar, under dette Ramsarkonvensjonen om våtmarker, Washingtonkonvensjonen om internasjonal handel med truga plante- og dyrearter (CITES), Bonnkonvensjonen om trekkjande arter (CMS), Bernkonvensjonen om bevaring av europeiske ville arter og deira levestader, Oslo-Pariskonvensjonen (OSPAR), Nordsjøkonferansen, Konvensjonen om bevaring av atlantisk laks (NASCO), miljøvernsamarbeidet under Nordisk ministerråd og under Arktisk Råd, FN sitt miljøprogram (UNEP), OECD og Verdas naturvernunion (IUCN). Noreg ønskjer å medverke til ei styrking av det internasjonale miljøvernarbeidet m.a. ved å arbeide for auka effektivisering og styrkt samhandling mellom ulike avtaleverk. Dette gjeld både innanfor gruppa av avtaler som gjeld naturforvalting og biologisk mangfald, og i høve til internasjonal sektorintegrering.
Berekraftig bruk og vern av skog, inkludert genetiske ressursar, blir følgt opp gjennom deltaking i FN sitt skogforum (UNFF), og gjennom arbeidsprogrammet for biologisk mangfald i skog under konvensjonen om biologisk mangfald, og i andre forum. Vidare blir arbeidet med plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, som er viktig både for miljø og matvareforsyning og -tryggleik, følgt opp gjennom deltaking i gruppa for plantegenetiske ressursar i FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO).
Verneplanen for barskog vart vedteken av Stortinget i 1996. For å fullføre denne verneplanen står att vernevedtak for delplan Aust-Noreg fase II som er planlagt hausten 2002, og vern av inntil 30 km2 produktiv barskog som skal inngå i kvoten ved utviding av Øvre Pasvik nasjonalpark.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2002 vart det løyvd 25 mill. kr til utvida vern av skog. I tillegg har Landbruksdepartementet stilt 10 mill. kr til disposisjon for formålet frå kapital i Jordfondet, slik at ramma for vern av skog er auka med til saman 35 mill. kr. Dette inneber at ein allereie i 2002, ved ferdigstillinga av delplanen for Aust-Noreg fase II, kan verne fleire viktige område som elles ville ha blitt tekne ut av planen i sluttfasen. Ein vil med dette kunne verne større areal enn det noverande målet på 415 km2 tilseier. Ytterlegare disponering av midlar i Jordfondet for å styrkje skogvernet vil bli vurdert. Regjeringa tek sikte på at om lag halvparten av Jordfondet sin kapital på sikt skal vere tilgjengeleg for skogvern.
Verneomfanget i Noreg på ca 1 % av produktiv skogareal er internasjonalt sett relativt lite, noko som blir sett som eit problem m.a. for å sikre framtidig eksport av norske trebaserte produkt til miljømedvitne marknader. Sverige og Finland har til dømes verna ca 4 % og ca 5 %, og arbeider for å auke skogvernet ytterlegare. Forskingsinstitutta NINA og Skogforsk har utført ei evaluerig av skogvernet i Noreg. Evalueringsrapporten anbefaler ei vesentleg styrking av skogvernet frå det vedtekne vernet på ca. 1 % (ca 750 km2) til ca. 4,6 % (3360 km2), og peiker på konkrete skogtypar som bør prioriterast. På grunnlag av resultata frå evalueringa, og Stortinget si behandling av St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold, vil det bli utarbeidd ein strategi for framtidig vern av skog i samarbeid med aktuelle partar.
Omlegginga av Samla plan for vassdrag til eit meir effektivt og vassdragsbasert styringsverktøy, under dette å byggje opp ein database som gir vassdragsvis verdi- og ressursoversikt, vil bli samordna med suppleringa av Verneplan for vassdrag. Andre pulje med nasjonale laksevassdrag vil bli avklart i samband med dette arbeidet.
EU sitt rammedirektiv for vatn, som nylig vart vedteken, vil bli eit viktig verkemiddel for å ta vare på og betre den økologiske tilstanden i vassførekomstane. Noreg har, som EU-landa, frist til 2015 med å tilfredsstille krava til økologisk tilstand.
Rammedirektivet vil muliggjere ei meir heilskapleg og effektiv forvalting av vassdrag, kystområde og grunnvatn, og vil vere eit viktig instrument for å ta vare på biologisk mangfald som er knytt til vatn. Arbeidet med gjennomføringa av direktivet føreset frå 2003 eit omfattande arbeid med m.a. karakterisering og overvaking, jf. òg omtale under resultatområde 4.
Noreg har gitt si tilslutning til ein europeisk strategi for vern av naturen i regi av Europarådet. Bernkonvensjonen, som Noreg har ratifisert, er gitt i oppdrag å leie implementeringa av denne strategien. Dette skjer m.a. gjennom vedtak i 1998 om etablering av eit europeisk nettverk av verneområde (Emerald network) bygd over same lest som habitatdirektivet til EU. Norske verneområde og vern av visse arter vil i stor grad medverke til at Noreg har løyst oppgåvene som følgjer av dette vedtaket i Bernkonvensjonen, men det har så langt ikkje vore gjort noko større og systematisk arbeid med dette.
Når det gjeld dei store rovdyra blir det lagt vekt på å gjennomføre ei balansert og differensiert forvaltning. SNO har frå 2002 overteke ansvaret for all skadedokumentasjon i heile landet. I tillegg disponerer ein midlar til førebyggjande tiltak og omstillingstiltak for å avgrense rovviltskadar, og til bestandsovervaking av dei fire store rovdyrartene. I løpet av hausten blir det lagt fram ei eiga stortingsmelding om bevaring av rovdyr i norsk natur. Her vil utviklinga i rovdyrbestandane og erfaringar med verkemiddelbruk etter førre stortingsmelding bli evaluerte. Meldinga vil komme med tilrådingar til målsetjingar innanfor forvaltningsområdet.
Miljødata, geografiske data og kunnskap om biologisk mangfald skal gjerast tilgjengelege for avgjerdstakarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Ei effektiv geodataforvaltning og lett tilgjengelege kartdata for område av verdi for biologisk mangfald, friluftsliv og vilt- og fiskeressursar vil gi monaleg samfunnsgevinst gjennom kvalitativt betre og kostnadsreduserande arealplanprosessar.
Miljøverndepartementet prioriterer forvaltningsrelatert FoU på omsynskrevjande arter og leveområde, og oppbygging av kunnskap som grunnlag for overvaking. Forsking på effektar av menneskeleg verksemd står sentralt. Utviklinga innan genteknologi går raskt, og det blir prioritert å forske på miljøverknader i samband med dette. Det blir arbeidd for at forskinga sine resultat skal bli lettare tilgjengelege for allmenta og avgjerdstakarane. Departementet ønskjer òg i større grad å bruke informasjon/kommunikasjon og folkeleg deltaking som eit strategisk verkemiddel for å nå måla i resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Det er eit mål å fremje ein by- og tettstadsutvikling som kan redusere presset på jordressursane og det biologiske mangfaldet. Miljøverndepartementet har som overordna mynde etter plan- og bygningsloven ansvar for planlovgivinga og for å fastsette nasjonale mål og prinsipp for miljøvennlig by- og tettstadsutvikling, mellom anna gjennom stortingsmeldingar og rikspolitiske retningslinjer. Dette skjer i samråd med andre departement.
9 Resultatområde 2 Friluftsliv
Definisjon og avgrensing
Arbeidet på dette resultatområdet skal sikre areal og rettar til ferdsel, opphald og aktivitetar, og stimulere til miljøvennleg friluftsliv. Areal for friluftsliv, grunnlaget for jakt og fiske o.l. og natur- og kulturopplevingar ved friluftsliv blir òg tekne vare på gjennom arbeidet på resultatområda 1, 3 og 9. Andre miljøkvalitetar som har innverknad på friluftslivet er ivaretekne gjennom resultatområda 1, 3, 4, 6 og 7. Friluftsliv i polare område er dekt av resultatområde 8.
Strategisk mål
Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 9.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 2 Friluftsliv
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga. | 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar. | - Statistikk om folk si deltaking i friluftsliv, under dette: - Dagsturar og overnattingsturar i naturomgivnader. - Bruk av nærområde i byar og tettstader. - Bærplukking, fritidsfiske og jakt. |
2. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv. | 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark. | - Kunnskap om allemannsretten, fjellreglane og sjøvettreglane innan fylte 18 år, i eit utval kommunar (ikkje operativ). - Prosentdelen av barn og unge under 18 år som har delteke i friluftsaktivitetar dei siste 12 månadene. - Talet på medlemmer i ungdomsorganisasjonar dominert av aktivitetar retta mot natur- og friluftsliv som f.eks. speidarforeiningar og turistforeininga sine ungdomsgrupper (ikkje operativ). |
3. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting blir fremja og naturgrunnlaget teke vare på. | 3. 1. Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for føremålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde. | - Talet på nye område pr. år. |
3.2. Alle viktige friluftslivsområde, (dvs. skjergardsparkar og tilsvarande og viktige (by)marker), skal innan år 2005 inngå i opplegg som gir tilfredsstillande tilretteleggings- og skjøtselsnivå. | - Prosentdelen av friluftsområde med slikt forvaltningsopplegg. | |
3.3 Det rettslege grunnlaget (friluftslova og anna relevant lovverk) skal endrast for å betre høva til friluftsliv. | - Lovendring gjennomført. | |
3.4. Vilt- og ferskvass-fiskeressursar som kan utnyttast skal vere tilgjengelege for allmenta. | - Prosentdelen av område som kan utnyttast (dvs. fiskevatn, fiskeførande elvelengd, jaktterreng o. l.) i eit utval kommunar med sal av kort for fiske og småviltjakt. | |
4. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grøntstruktur med godt samband til naturområde omkring. | 4.1 I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 % av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grøntstruktur. | - Prosentdelen slike bygningar med rekreasjonsareal og tilknyting til grøntstruktur innan 500 m. |
Statusbeskriving
Stortinget behandla våren 2002 St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv - Ein veg til høgare livskvalitet. Meldinga gir ei brei oversikt over friluftslivet sine verdiar, utbreiing, trendar, mål og tiltak. Hovudarbeidet i 2003 innan friluftsliv vil vere å følgje opp dei tiltaka som ligg i meldinga.
Arbeidsmål 1.1. Stimulere til utøving av miljøvennleg friluftsliv i samarbeid med relevante partar, under dette frivillige organisasjonar.
Landsomfattande undersøkingar om friluftsliv er blitt gjennomførte ei rekkje gonger sidan 1970. Siste ordinære undersøking vart gjort i 1996, men det vart utført ein panelundersøking i 1999 for perioden 1986-1999. Trass i at spørsmåla er formulerte litt ulikt, kastar desse undersøkingane lys over utviklinga i aktivitetsmønsteret knytt til friluftsliv.
Eit hovudtrekk i utviklinga frå 1970-talet er at det har blitt langt fleire utøvarar i mange friluftsaktivitetar. Dette gjeld spesielt aktivitetar som ski- og fotturar i fjellet, fotturar i skog og mark, joggeturar i naturomgivnader og køyring i alpinanlegg. Desse aktivitetane viste ein auke fram mot slutten av 1980-åra, for deretter å halde seg stabile. På 1990-talet er det særleg aktiviteten sykling i naturomgivnader som har auka sterkt. Når det gjeld fiske og jakt, har aktiviteten halde seg stabil i heile perioden, mens omfanget av bær- og soppturar har vist nedgang.
I ei undersøking frå 1999 av endringar i norsk friluftsliv svarer over halvparten av dei spurde at dei ikkje har nokon favorittaktivitet når det gjeld friluftsliv, men at friluftslivet deira består av kvardagsfriluftslivet med «enkle» aktivitetar i nærområda.
Sjølv om talet på deltakarar har auka, viser undersøkingane frå 1970-talet og fram til i dag at frekvensen av den enkelte si deltaking i friluftsliv ikkje har endra seg nemneverdig i tidsperioden.
Det er i gang eit samarbeid med Statistisk sentralbyrå slik at undersøking av friluftsaktivitetar blir ein del av «Levekårsundersøkinga». Resultata vil vere klare utpå hausten 2002.
Arbeidsmål 2.1. Barn og unge skal meistre trygg og miljøvennleg ferdsel i utmark.
Statistikk som kastar lys over status i forhold til dette arbeidsmålet, vil bli tilgjengeleg utpå hausten 2002.
Generelt kan vi slå fast at folk flest har ein del kunnskap om og dugleik i friluftsliv. Barn og unge får viktig opplæring gjennom turlivet til foreldre og venner, og ikkje minst gjennom barnehage, skule og innsatsen til friluftslivs-organisasjonane. Undersøkingar viser at kunnskap og dugleik aukar med målretta stimulering og at grunnlaget for gode friluftslivsvanar i vaksen alder blir lagt i barndommen.
Departementet har starta eit samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet om å følgje med i utviklinga for friluftsliv og fysiske aktivitetar blant barn og unge.
Arbeidsmål 3. 1 Viktige område for friluftsliv skal vere sikra for føremålet ved kjøp, bandlegging og avtalt fleirbruk av naturområde.
Med støtte frå Direktoratet for naturforvaltning gjennomfører Landsforbundet for friluftsråda eit prosjekt over 3 år for å klargjere og prioritere nye sikringsområde i kystsona frå svenskegrensa til Hordaland. I juni 2002 la landsforbundet fram ein rapport frå første fase av dette arbeidet.
Fleire viktige område er sikra til friluftsføremål med statleg finansiering det siste året.
Arbeidsmål 3.2. Alle viktige friluftslivsområde, (dvs. skjergardsparkar og tilsvarande, og viktige (by)marker), skal innan år 2005 inngå i opplegg som gir tilfredsstillande tilretteleggings- og skjøtselsnivå.
Det er utarbeidd heilskaplege forvaltningsplanar som m.a. omtalar behovet for tilrettelegging og skjøtselsnivå for ein overvegande del av friluftslivsområda i Oslofjorden, skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Skjergardstenesta er no etablert med uniformerte båtar og mannskap langs heile kysten frå Østfold til og med Hordaland.
På oppdrag frå Miljøverndepartementet har fylkesmennene innhenta rapportar frå kystkommunane om dispensasjonspraksisen i 100-metersbeltet. Rapporteringa gjeld saker som krev dispensasjon frå byggjeforbodet i § 17-2 i plan- og bygningslova, kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan. Rapporteringa omfattar ikkje tiltak i byggjeområde eller tiltak som ikkje er søknadspliktige. Rapporteringa viser at det er gitt 1396 dispensasjonar i 2001 mot 1404 i 2000. Det viser at det framleis er eit press på strandsona, sjølv om talet på dispensasjonar går noko ned. Rapporteringa er gjennomført for første gong i 2000 som eit ledd i den statlege tiltakspakken for strandsona, og vil halde fram. Det vil bli vurdert om ein på sikt kan inkorporere rapporteringa i det statleg-kommunale rapporteringssystemet KOSTRA.
Arbeidsmål 3.3. Endre det rettslege grunnlaget (friluftslova og anna relevant lovverk) for å betre høva til friluftsliv.
I friluftsmeldinga er det framlegg om fleire endringar i friluftslova og anna lovverk som gjeld friluftslivet. Desse blir følgde opp i tråd med Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. S. nr 114 (2001-2002).
Arbeidsmål 3.4. Utnyttbare vilt- og ferskvassfiske-ressursar skal vere tilgjengelege for allmenta.
Organiseringa av jakt og fiske varierer mellom kommunar og fylke. Aktiviteten aukar likevel på dette feltet. Gjennom eit konstruktivt samarbeid med rettshavarane blir fleire og fleire område organiserte og opna for allmenta. Ei arbeidsgruppe med representantar frå rettshavarane og styresmaktene vil i 2003 komme med ei tilråding når det gjeld arbeidet med organisering ved lokal driftsplanbasert forvaltning.
Som eit tiltak for å auke tilgjenget til innlandsfisk vart fiskeavgifta for denne type fiske (unntatt fiske etter anadrom laksefisk) fjerna frå og med 2002. Talet på jegerar som har løyst jegeravgiftskort har stabilisert seg omkring 190 000 personar. I jegerregisteret er det registrert omkring 363 000 personar (mot 350 000 året før).
Arbeid med å betre tilgangen for allmenta til jakt og innlandsfiske vil i aukande grad skje ved at rettshavarane utarbeider driftsplanar for dei vilt- og fiskeressursane som kan haustast, jf. arbeidsmål 4.1 under resultatområde 1.
Arbeidsmål 4.1. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for at minst 30 % av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader har trygt og tilgjengeleg rekreasjonsareal innan 500 meters avstand og i tilknyting til ein samanhengande grøntstruktur.
Statistisk sentralbyrå har nyleg utvikla ein metode for å overvake arealstorleikar og tilgjenget av slike nære, grøne lunger. Førebels resultat visar oppmuntrande funn generelt sett, mens enkelte fylke skil seg ut i meir negativ retning. 89 % av barnehagane, 87 % av skulane, 70 % av all blokkbusetnad og 85 % av all småhusbusetnad ligg direkte i nærleiken av og med trygg tilgang til større, opne areal (min. 5 daa) med høve til leik og rekreasjon.
Ved hjelp av same metode er det også rekna ut kor god tilgangen er til nærturterreng. Dette gjeld areal som er minst 200 daa store, og som ikkje ligg meir enn 500 meter unna bustad, barnehagar og skular. Førebelse tal viser at i alt 84 % av barnehagane, 83 % av skulane, og 64 % av bustadblokkene og 87 % av småhusbusetnaden ligg med slik tilgang til nærturterreng.
Arbeidet med kartlegging og rettleiing blir ført vidare som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv - Ein veg til høgare livskvalitet og St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 93,3 mill. kr. Finansieringa blir i hovudsak dekt av Direktoratet for naturforvaltning si budsjettramme jf. kap. 1427, og delar av kapitla 1425 og 1426. Vidare inneheld delar av Miljøverndepartementet sine budsjettkapittel 1400 og 1410 òg budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i år 2002. Fylkesmannen har òg oppgåver under resultatområde 2. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene vart frå og med 2001 budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.
Statlege midlar til å sikre regionalt og nasjonalt viktige friluftslivsområde er eit nødvendig verkemiddel der arealpresset og konfliktpotensialet er stort. Statlege midlar er òg viktige for å motivere kommunane til å realisere vedtekne planar for å bevare grøntstruktur og leggje til rette for friluftsliv. Slik medverknad gir svært god effekt då midlane løyser ut monaleg kommunal eigeninnsats. Løyvingane til dette formålet vart noko auka i statsbudsjettet for 2002 og aukar ytterlegare i 2003, jf. forslag i dette budsjettframlegget.
Staten medverkar dessutan til finansiering av driftsordningar for dei sikra områda i samarbeid med kommunane. I kystsona frå Østfold til og med Hordaland er dette samordna gjennom Skjergardstenesta. Statens naturoppsyn arbeider òg med å integrere naturoppsyn i skjergardstenesta si daglege drift.
Det blir vidare gitt driftsstøtte til Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Friluftsrådenes Landsforbund. Dette gjeld m.a. til arbeidet i Forum for natur og friluftsliv som er organisert i alle fylke. Det blir dessutan gitt tilskot til stimuleringstiltak i regi av dei frivillige organisasjonane. Desse midlane vil vere knytte til aktivitetsretta prosjekt med formål å stimulere nye grupper, især barn og unge, til å utøve friluftsliv.
Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar til tilrettelegging for fritidsfiske og jakt.
I tillegg til plan- og bygningslova er friluftslova, lakse- og innlandsfiskelova og viltlova dei viktigaste juridiske verkemidla. Miljøverndepartementet har gitt ut eit rundskriv om friluftslova med oversikt over kommunane sine oppgåver med å fremje allmenta sine friluftsinteresser.
Trass i byggjeforbodet i 100-metersbeltet og «Rikspolitiske retningslinjer for Oslofjorden» har utbygginga i strandsona halde fram. Dette har ført til at allmenta sin tilgang til strandsona er redusert i mange av kommunane langs Oslofjorden. Det blir foreslått å gjennomføre tiltak som vil sikre mange av dei mest verdifulle friluftsområda, og verne dei mest verdifulle naturområda.
Det er venta at kvaliteten på område der friluftsliv blir utøvd vil auke ved innføring av åtferdsreglar for skjergardsparkane, mål og retningslinjer for tilrettelegging i fjellet, generelle prinsipp for naturvennleg tilrettelegging og informasjon om rettar og plikter knytte til naturbruk. Slike tiltak vil òg kunne førebyggje skadar på biologisk mangfald. Samordna driftsordningar langs kysten er på same måten eit viktig tiltak for å halde ved like intensivt utnytta friluftslivsområde. Informasjon om allemannsretten er eit viktig verkemiddel for å fremje omsynsfull ferdsel i naturen, og for å demme opp for ei utvikling med former for friluftsliv og kommersialisering som slit meir på naturen. Miljøverndepartementet samarbeider med andre styresmakter for å auke tryggleiken og miljømedvitet blant brukarane av fritidsbåtar. Gjennom Norges Jeger- og Fiskerforbunds «Fritidsfiskeprosjekt» blir det arbeidd med å stimulere til fritidsfiske i befolkninga generelt og overfor barn, ungdom, kvinner og funksjonshemma spesielt.
For å fremje human, sikker og etisk forsvarleg jakt blir det lagt stor vekt på haldningar i den obligatoriske jegeropplæringa. Forskingsprogramma «Miljøbetinget livskvalitet» og «Bruk og forvaltning av utmark» har skaffa fram ny og forvaltningsrelevant kunnskap for resultatområdet. Denne forskinga vil bli ført vidare innanfor det nye programmet «Landskap i endring». I programplanen er det m.a. fokusert på den innverknad natur- og kulturmiljø har på livskvalitet og trivsel, og på dei effektar miljøendringar har for livskvalitet og for barn og unge si utvikling.
Departementet ønskjer å bruke informasjon/kommunikasjon som eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 2 Friluftsliv.
10 Resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet gjennom vern, bruk og verdiskaping. I arbeidet inngår arkeologiske kulturminne på land og under vatn, og kulturminne og kulturmiljø som er automatisk freda, og freda gjennom vedtak etter kulturminnelova. Sikring og aktiv bruk av kulturhistoriske verdiar og kvalitetar i våre fysiske omgivnader skjer i stor grad gjennom tilfredsstillande forvaltning, gjennom eigarinnsats, kommunalt planarbeid og i arbeidet med by- og tettstadsutviklinga, sjå òg resultatområde 9. Resultatområdet inkluderer òg verneverdige kyrkjer, kystkultur og fartøy samt statlege bygningar. I tillegg dekkjer det internasjonalt samarbeid og oppfølging av konvensjonar og andre internasjonale avtaler for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Landskapsarbeidet er i hovudsak dekt av resultatområde 1 og delvis under resultatområde 9. Verknader av luftforureining på kulturminne er dekt av resultatområde 7.
Strategisk mål
Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal bli forvalta og teke vare på som bruksressursar, og som grunnlag for oppleving og vidareutvikling av fysiske omgivnader. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal bli teke vare på i eit langsiktig perspektiv som kunnskapsressursar og som grunnlag for opplevingar.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 10.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Ein skal minimere det årlege tapet av kulturminne og kulturmiljø som følgje av fjerning, øydelegging eller forfal skal innan år 2008 ikkje overstige 0,5 % årleg. | 1.1. Styrkje omfanget og tilgjenget av forvaltningsretta kunnskap om kulturminna. | - Talet på kommunar med tilgang til kulturminneregister. - Talet på arealbrukande sektorar med tilgang til kulturminneregister. |
1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadane si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og estetiske kvalitetar i stadsforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk skal vektleggjast. | - Talet på kommunar med vedteken kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø. - Talet på kommunar med kulturminnefagleg kompetanse. - Talet på kommunar som nyttar stadsanalyse som planverktøy. | |
1.3. Styrkje kommunesektoren som forvaltningsnivå innan kulturminneområdet. | - Kommunane har større handlingsrom i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. - Kompetanseutviklingstiltak og andre støttefunksjoner som er sette i verk. | |
1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk. | - Mengd bygningsavfall frå riving og rehabilitering. | |
1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø. | - Talet på statlege sektorar med eigen kulturminnefagleg kompetanse. | |
2. Det representative utvalet av kulturminne og kulturmiljø skal bli bevart i ein tilstand som svarer til 1998-nivå, og freda bygningar og anlegg skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan år 2010. | 2.1. Førebyggje og redusere inngrep i freda kulturminne og kulturmiljø. | - Talet på dispensasjonar. |
2. 2. I samarbeid med m.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø. | - Prosentdel verneverdige kulturminne som har ordinært vedlikehaldsnivå. - Talet på forvaltningsplanar for freda kulturminne og kulturmiljø. - Formelt vern etablert. | |
2. 3. Følgje opp Noreg sine plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon: gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet av områda på verdsarvlista. | - Rutinebasert revidering av tilstand på dei norske verdsarvområda er gjennomført og dokumentert. - Tentativ liste over nye norske nominasjonar til verdsarvlista sendt UNESCO | |
3. Den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige breidda i varig verna kulturminne og kulturmiljø skal betrast, slik at svakt representerte og manglande hovudgrupper er representerte med fleire objekt innan år 2004 (i forhold til 1998-nivå). | 3.1. I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd. | - Talet på ferdigstilte sektorvise verneplanar. |
3.2. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar. | - Talet på fredingar av svakt representerte hovudgrupper. - Talet på fredingar i samsvar med plan. |
Det er aktuelt å vurdere dei nasjonale resultatmåla på nytt i samband med oppfølginga av NOU 2002: 1 Fortid former framtid. Utfordringer i en ny kulturminnepolitikk.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Styrkje omfanget og tilgjenget av forvaltningsretta kunnskap om kulturminna.
For å gjere kulturminnedata lettare tilgjengelege og brukarvennlege for m.a. eigarar, rettshavarar og kommunar, skal eksisterande kulturminneregister samordnast i ein moderne kartbasert database som vil gi oversikt over alle typar kulturminne. Kulturminnebasen skal bli tilgjengeleg over Internett. Det blir vist til omtale under Verkemiddel.
Arbeidsmål 1.2. I samarbeid med aktuelle partar skal stadane si eigenart og deira kulturhistoriske innhald takast vare på, og ein skal leggje vekt på estetiske kvalitetar i stadsforminga innan kommunal planlegging og byutviklingspolitikk.
Det er i gang arbeid med reiskaps- og kunnskapsutvikling med særleg fokus på stadskvalitet, byforming og synleggjering av kulturminne. I den samanhengen blir det utvikla prinsipp for bruk, vern, omforming og nybygging i eksisterande kulturmiljø. Det er gjennomført evaluering av erfaringar med stadsanalysar i fem kommunar.
Arbeidsmål 1.3. Styrkje kommunen som forvaltningsnivå innan kulturminneområdet.
Regjeringa ønsker å legge til rette for å styrkje kommunesektoren på kulturminnefeltet, både ved å leggje til rette for at kommunane betre kan utnytte det handlingsrommet dei har i dag og eventuelt ved å gi dei auka ansvar og fleire virkemiddel. Kompetanseutvikling, bygging av netteverk og etablering av databasar og register er blant tiltaka som vil bli prioriterte. Fylkeskommunen, Sametinget, musea, dei frivillige organisasjonane og andre instansar er trekt med i prosessen.
Arbeidsmål 1.4. I samarbeid med aktuelle partar leggje til rette for auka medvit i kommunane om verdien av og høvet til vidare bruk og ombruk.
Bygningane i landet med tilhøyrande infrastruktur representerer store samfunnsverdiar. Meir enn 70 % av realkapitalen i landet er investert i bygningar og anlegg. På årsbasis er ca. 40 % av aktiviteten innanfor bygg- og anleggsverksemda knytt til eksisterande bygningsmassen, og bygg- og anleggsverksemda produserer om lag 40 % av den totale avfallsmengda i samfunnet. Det er ei utfordring å finne alternativ bruk for den eksisterande bygningsmassen m.a. for å redusere den totale avfallsmengda og energibruken. Gjennom kulturminna kan vi sikre og utvikle kunnskap som vil vere til nytte i denne samanhengen. Riksantikvaren samarbeider med Statens bygningstekniske etat om å innarbeide kulturminneomsyn i byggjesaksdelen av plan- og bygningslova og i byggjeforskriftene. Direktoratet arbeider òg med å utvikle miljø- og ressursrekneskap for ulike bygningar.
Arbeidsmål 1.5. I samarbeid med andre sektorar utvikle verkemiddel (eksisterande og nye) for vern av kulturminne og kulturmiljø.
Det er utarbeidd oversikt over verkemiddel i andre sektorar som kan ha særleg effekt på vern av kulturminne. Innsamla materiale vil bli brukt i drøftingar om utvikling av verkemiddel med relevante sektorar, m.a. i arbeidet med sektorvise miljøhandlingsplanar. Samarbeid og dialog med næringslivet, m.a. byggjebransjen, vil vere særleg aktuelt.
Arbeidsmål 2.1. Førebyggje og redusere inngrep i freda kulturminne.
Det blir arbeidd med å betre ajourhaldet og tilgjenget til dei kartbaserte elektroniske kulturminneregistra slik at det blir enklare å få informasjon om kvar ein kan finne kulturminne og kulturmiljø, jf. 1.1. Det blir òg arbeidd med å målrette informasjon til eigarar og kommunar. Kommunesatsinga innanfor kulturminneområdet vil styrkje arbeidet ved hjelp av meir kunnskap og større ansvar i kommunesektoren, jf. 1.3.
Arbeidsmål 2. 2. I samarbeid med m.a. lokale styresmakter og eigarar leggje til rette for å betre tilstanden for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Analysar viser at den tekniske tilstanden for dei fleste kulturminne og kulturmiljø framleis er dårleg. Dette betyr at det vil koste meir og ta lenger tid å etablere eit ordinært vedlikehaldsnivå enn det ein tidlegare har rekna med. Riksantikvaren utviklar eit system for registrering og overvaking av vedlikehaldstilstanden for freda bygningar og anlegg som grunnlag for vernearbeidet i fylkeskommunane. Ein tek sikte på at eit slikt system vil bli operativt i løpet av år 2004.
Arbeidsmål 2. 3. Følgje opp norske plikter i forhold til UNESCO sin verdsarvkonvensjon: gjennom forvaltninga av dei norske verdsarvområda og ved å medverke til betre representativitet i områda på verdsarvlista.
Det er fire norske verdsarvområde; Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad og bergkunsten i Alta. UNESCO sine retningslinjer fastset at det skal rapporterast om verdsarvområda sin tilstand og deira utvikling kvart 6. år. Alle dei fire områda er blitt evaluerte, og det blir arbeidd med å følgje opp evalueringane. Det nordiske verdsarvkontoret (Nordic World Heritage Office - NWHO) i Oslo vart i 2002 gjort om til ei permanent stifting under namnet Nordic World Heritage Foundation (NWHF). Stiftinga sitt føremål er å styrkje arbeidet med UNESCO-konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv.
Arbeidsmål 3.3 I samarbeid med aktuelle partar arbeide for at andre sektorar tek større ansvar for kulturminne knytte til eiga verksemd.
Det er sektorstyresmaktene som har ansvaret for å setje i stand og vedlikehalde kulturminne i offentleg eige, og for at deira eiga verksemd tek godt nok omsyn til eksisterande kulturminne og kulturmiljø. Regjeringa arbeider for at omsynet til kulturminneverdiane får ein større plass i sektorstyresmaktene si utforming av politikken på ei rekkje område.
Arbeidsmål 3.4. Gjennomføre fredingar i samsvar med sektorvise verneplanar.
I 2003 vil arbeidet med å følgje opp landsvernplanane for Forsvaret og for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne bli prioritert. Jernbaneverket sin verneplan er framleis under utarbeiding, mens ein i 2003 tek sikte på å setje i gang arbeidet med ein verneplan for kraftstasjonar i samarbeid med NVE.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 230,3 mill. kr i 2003-budsjettet. Finansieringa er i hovudsak dekt av Riksantikvaren si budsjettramme jf. kap. 1429, men òg kapitla 1400 og 1410 inneheld budsjettmidlar som medverkar til finansieringa av resultatområdet i 2002.
Norsk kulturminnefond vart oppretta då Stortinget vedtok framlegget i St.prp. nr. 63 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), om ei løyving på 200 mill. kr som fondskapital for fondet. Fondskapitalen er plassert som kontolån i statskassa, og i 2003 blir avkastinga på 6,5 mill. kr. Av denne summen skal 5 mill. kr nyttast til kulturminnetiltak medan 1,5 mill. kr går med til å dekkje drifta av fondet.
Fondet sitt sekretariat vil bli lokalisert til Røros kommune. Som verdsarvområde har Røros over tid bygd opp kulturminnekompetanse som sekretariatet vil kunne dra nytte av i arbeidet sitt. I tillegg har kommunen eigen byantikvar og museum som òg har hatt innverknad på lokaliseringa. Fondet vil få eit lite sekretariat og må i stor grad basere seg på kjøp av tenester. I løpet av hausten 2002 vil det bli oppnemd styre og fastsett vedtekter for fondet. Vedtektene vil bli utforma med sikte på å gi styret stor grad av sjølstende ved tildeling av midlar frå avkastinga til fondet innanfor ramma av vedtektene og føresetnader frå Stortinget. Fondet sin grunnidé er å få til eit maksimalt samspel mellom offentlege og private midlar. Føresetnaden er at fondsmidlane skal løyse ut midlar frå privatpersonar, næringsliv og andre. På den måten skal fondet gi synergieffektar og løyse ut meirinnsats. Det er eit mål at Kulturminnefondet skal føre til meir fleksible og effektive samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor som kan gi ein styrkt verneinnsats.
Dei viktigaste kulturminna og kulturmiljøa skal sikrast gjennom freding etter kulturminnelova. Freding etter naturvernlova og bevaring etter plan- og bygningslova er sentrale verkemiddel i arbeidet med å sikre verdifulle kulturlandskap og kulturmiljø. Lokal deltaking er eit viktig strategisk verkemiddel for å nå resultatmåla i resultatområde 3. Det må bli laga konkret og målretta informasjon om korleis verdifulle kulturlandskap og kulturmiljø kan sikrast etter plan- og bygningslova.
Forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø skjer i dag i stor grad innanfor rammene av plan- og bygningslova. Det er derfor viktig å få fram slike opplysningar tidleg i planprosessen for å unngå dyre og tidkrevjande konfliktar. Her vil informasjon vere eit viktig verkemiddel. Kulturminnebasen som no blir utvikla, vil bli eit moderne IT-basert planleggingsverktøy for informasjon om kulturminne og kulturmiljø, for overvaking av tilstand og rapportering om miljøstatus. Databasen vil medverke til å førebyggje konfliktar og lette og effektivisere arbeidet med plansaker for offentlege og private aktørar.
Betre forvalting av kulturminneverdiane krev kompetanseheving, større medvit om verdiane og utvikling m.a. innan overvaking og planleggingsmetodikk. Kunnskap må ut til mange og nye aktørar. Ein må lage målretta informasjon til eigarar og kommunar for å heve kunnskapen.
Auka forskingsinnsats på området er viktig for å få til den satsinga som er politisk vedteken. Ei arbeidsgruppe med representantar frå FoU-miljøa, forvaltninga, organisasjonane og næringslivet er i gang med å definere eit program for forskingsarbeidet. Riksantikvaren koordinerer kulturminneforvaltninga sitt arbeid med forsking og utvikling. Sikring av forskingskompetanse og utbygging av kontaktnett mot forskingsmiljøa i universitet, høgskular og miljøinstitutta er prioritert i FoU-arbeidet.
Internasjonalt samarbeid om bevaring av kulturminne og kulturmiljø skjer gjennom nordiske forum, i norsk-russisk samarbeid, innan Europarådet, EU/EØS-systemet og innanfor UNESCO. I 2002 er det etablert ei nordisk stifting for verdsarven (Nordic World Heritage Foundation) i Oslo. Dette er ei oppfølging av Nordic World Heritage Office. Stiftinga skal støtte implementeringa av UNESCO sin verdsarvkonvensjon (World Heritage Convention) av 1972 og vere med å utvikle modellar for berekraftig forvaltning av kulturminne jf. arbeidsmål 2.3. Riksantikvaren er fagsenter for kulturminneforvaltning i bistandsarbeidet og skal i samarbeid med NORAD syte for at kulturminneinteressene blir i ivaretekne i norske bistandsprosjekt. Ein viser elles til omtale under resultatområde 8.
Noreg har som første land i Europa ratifisert Den europeiske landskapskonvensjonen. Oppfølging og vidareføring av konvensjonen vil vere ei sentral oppgåve framover. Regjeringa vil ha auka fokus i forhold til landskap og landskapsspørsmål, m.a. gjennom nordisk samarbeid på området, i forhold til dei ulike sektorane og i oppfølginga av NOU 2002:1 Dette avsnittet må ein sjå i samanheng med aktivitetar under resultatområde 1, resultatmål 3.
Styrking av kommunesektoren på kulturminneområdet er ein del av arbeidet med å modernisere offentleg forvaltning og styrkje lokaldemokratiet. Det er òg eit ledd i arbeidet med å auke innsatsen for kulturarven. For å få til ei god og heilskapleg forvaltning av kulturminna, må det tilførast meir midlar og rom for handling på regionalt og lokalt nivå. Målet er både å styrkje miljøarbeidet, der kulturminna er ein viktig del, og å styrkje lokaldemokratiet. For å få til ei god og heilskapleg forvaltning av kulturminna i kommunane, er det viktig å få til ein god kommunikasjon.
Departementet ønskjer å bruke informasjon og kommunikasjon som eit viktig strategisk verkemiddel for å nå måla under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø.
11 Resultatområde 4: Overgjødsling og oljeforureining
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av partiklar, næringssalt (nitrogen og fosfor) og olje til vatn. Beredskap mot akutt forureining frå olje- og kjemikaliar er òg dekt av dette resultatområdet. Utsleppa av næringssalt og partiklar kjem i hovudsak frå kommunale avløp, landbruk, fiskeoppdrett og industri, og kan føre til skadar på økosystemet i form av nedslamming og overgjødsling. Utsleppa av olje kjem frå landbasert verksemd, skipsfart og petroleumsverksemd, og kan skade organismar og økosystem i havet, på sjøbotnen, i strandsona og i jordsmonnet. Resultatområdet omfattar internasjonalt havmiljøarbeid, slik som oppfølging av m.a. Nordsjø-deklarasjonane, OSPAR-konvensjonen, London-konvensjonen og konvensjonar innan den internasjonale skipsfartsorganisasjonen (IMO), så vel som relevante EU-direktiv.
Strategisk mål
Det skal sikrast ein vasskvalitet i ferskvatn og marine område som medverkar til å halde oppe arter og økosystem, og som ivaretek omsynet til helse og trivsel for menneska.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål og resultatindikatorar og statusbeskriving
Nedanfor følgjer ei oversikt over dei nasjonale resultatmåla og dei sektorvise arbeidsmåla for miljøvernforvaltningen samt resultatindikatorar innanfor resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining.
Tabell 11.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Utsleppa av næringssalta fosfor og nitrogen til eutrofi-påverka delar av Nordsjøen skal vere redusert med om lag 50 % innan 2005 rekna frå 1985. | Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i EU sitt avløpsdirektiv. | - Talet på anlegg med gjennomført primær-, sekundær- og tertiær reinsing blir vurdert mot talet på anlegg som skal ha dei ulike reinsetypane. |
2. Operasjonelle utslepp av olje skal ikkje medføre uakseptabel helse- eller miljøskade. Risikoen for miljøskade og andre ulemper som følgje av akutt forureining skal liggje på eit akseptabelt nivå. 1) | 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleums-verksemda skal bli stansa innan 2005 (0-utslepp). | - Mengd utslepp av olje i vatn frå petroleumsverksemda. |
2.2 I samarbeid med relevante sektormyndighetar skal det etablerast ordningar som sikrar betre overhaldelse av utsleppskrav til skipsfarten innan 2006. | - Talet på og mengd akutte utslepp av olje frå petroleumsverksemd, skip og landbaserte utslepp. 1) | |
2.3. Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining. 1 | - Talet på mottaksordningar for avfall frå skip - Talet på og mengd oppdaga ulovlege utslepp av olje frå skip. - Talet på godkjende private og kommunale beredskapsplanar. - Talet på vrak som medfører fare for miljøskade som følgje av mogleg akutte utslepp. 1) |
1) Det ansvar Statens forureiningstilsyn har for statleg beredskap mot akutt forureining blir overført til Kystverket frå 01.01.2003.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Utslepp frå kommunal avløpssektor skal vere i samsvar med krava i EU sitt avløpsdirektiv.
Forslag til ny forskrift om utslepp frå avløpsanlegg blir sendt på høyring hausten 2002. Forskriftsforslaget dekkjer heile avløpssektoren og opphever fem eksisterande forskrifter. I forskriftsforslaget er krava i EU sitt avløpsdirektiv lagt til grunn for gjennomføringa av tiltak overfor anlegg innanfor direktivet sitt virkeområde. Kommunane er tidlegare blitt oppmoda til å setje i gang førebuingar til å gjennomføre tiltak i tråd med direktivet så raskt som mogleg, slik at dei er budde på krava som vil bli stilte i den nye forskrifta.
Arbeidsmål 2.1. Operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda skal bli stansa innan 2005 (0-utslepp).
Det vart i 2001 registrert utslepp på til saman 2 789 tonn olje saman med det produserte vatnet frå operasjonelle utslepp i petroleumsverksemda. Dette er ein svak auke frå året før. Dei føregåande åra har det vore ein årleg auke på ca. 10 % i slike utslepp. I 2001 var dei totale operasjonelle utsleppa av offshorekjemikaliar på 179 829 tonn. På oppdrag frå SFT har operatørselskapa utgreidd ein strategi med tiltaksplan for 0-utslepp av miljøfarlege stoff for kvar enkelt installasjon. Tiltaka omfattar både utslepp frå boring/brønnoperasjonar, produksjon og rørleidningar. Operatørane sitt nullutsleppsarbeid blir følgt opp gjennom operatørane si årlege utsleppsrapportering. Det blir òg følgt opp som ein del av SFT sine revisjonar. SFT vil i 2003 ha ein omfattande gjennomgang av status for nullutsleppsarbeidet til operatørene med omsyn til tiltak og planar som er gjennomførde.
Arbeidsmål 2.2. I samarbeid med relevante sektormyndighetar skal det etablerast ordningar som sikrar betre overhaldelse av utsleppskrav til skipsfarten innan 2006.
Det er dei ulovlege utsleppa frå skipsfarten som utgjer hovudutfordringane. I 1998 vart Nordsjøen oppretta som spesielt område under MARPOL 73/78-konvensjonen sitt vedlegg om oljeforureining frå skip. Dette inneber strengare utsleppskrav enn dei generelle reglane for utslepp av olje frå skip. Gjennom SFT sitt system for overvaking vart det identifisert 57 ulovlege utslepp frå skip i år 2001 som i mengd er rekna til å vere 235 m. Talet på ulovlege utslepp frå skip har gått ned dei seinare åra.
Arbeidsmål 2.3 Verksemd som kan medføre akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.
Arbeidet med miljøvernstyresmaktene sin miljørisiko- og beredskapsanalyse med omsyn til akutt forureining vart ferdigstilt i 2001. I dette arbeidet vart staten si eiga beredskapsevne evaluert, og på grunnlag av dette vart det gitt ei anbefaling om behov for og plassering av utstyr langs kysten. Miljøverndepartementet har også samla myndet og det statlege ansvaret for akutt beredskap etter forureiningslova, som tidlegare var delt mellom Sjøfartsdirektoratet og Statens forureiningstilsyn (SFT), og lagt dette til SFT. Regjeringa går vidare i St.meld. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav inn for å overføre ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining frå SFT til Kystverket, for å samle ansvaret for det førebyggjande arbeidet, aksjonar og opprydning etter forureiningsulykker.
Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse før oppstart av leite- og produksjonsverksemd. På landsida har ca. 70 bedrifter godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane ivaretek sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 34 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar.
Regjeringa vil styrkje oljevernberedskapen langs kysten ved å syte for betre utnytting av og samordning av private og statlege beredskapsressursar overfor større tilfelle av akutt forureining.
I 2002 er det gitt økonomisk støtte til å fjerne skipsvraket M/S Hedlo, som ligg utanfor Karmøy. Fjerninga av last vart igangsett sommaren 2002, og fjerning av sjølve fartøyet er planlagt sluttført i løpet av september. Ei rekkje vrak med kjemiske stridsmiddel vart dumpa i Norskerenna søraust for Arendal etter 2. verdskrigen. Desse vraka vart undersøkte på oppdrag frå SFT av Forsvarets forskingsinstitutt i september 2002. Resultatet av desse undersøkingane vil liggje føre seint hausten 2002.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 41,7 mill. kr over Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2003. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn si budsjettramme, jf. kap. 1441, men òg kap. 1400 og 1410 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansiering av resultatområdet i 2003. SFT sitt ansvar for statleg beredskap mot akutt forureining blir overført til Kystverket frå 01.01.2003. På grunn av denne overføringa er 69,065 mill. kr frå resultatområdet (kap. 1443 og nokre midlar frå 1441.01) overførde til Fiskeridepartementet sitt budsjett.
Gjennom lov om kommunale vass- og kloakkavgifter, med tilhøyrande forskrift, er kommunen gitt høve til å dekkje sine kostnader på avløpssektoren gjennom gebyr.
For å sikre ei meir heilskapleg havforvaltning, tek Regjeringa sikte på å etablere heilskaplege forvaltningsplanar for alle norske havområde, jf. St. meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. Som eit første steg har Miljøverndepartementet ansvar for, i samarbeid med andre aktuelle departement, å utvikle ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammebetingelser som gjer det mogeleg å balansere næringsinteressene knytt til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innafor ramma av ei bærekraftig utvikling. Forvaltningsplanen skal gi føringar for kva krav som må stillast til verksemd i dei ulike delane av havområdet. Herunder vil forvaltningsplanen bl.a gi grunnlag for å vurdere oppretting av petroleumsfrie fiskerisoner. Planen skal baserast på utgreiingar av konsekvensar av petroleumsverksemd, fiskeri og sjøtransport, som vil bli utarbeida av respektive Olje- og energidepartementet og Fiskeridepartementet. I tillegg skal Miljøverndepartementet gjennomføre ei utgreiing av konsekvensar for Barentshavet av ytre påverknader slik som klimaendringar og langtransporterte forureiningar. Regjeringa vil derfor bruke midlar til utgreiingar på dette området, jf. kap. 1400 post 01. Departementet vil leggje stor vekt på informasjon om prosessen og resultata frå arbeidet med heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet. Det vil bli lagt stor vekt på kommunikasjon med dei aktuelle aktørane. Det vil m.a. bli gitt løpande informasjon over departementet sine internettsider.
For dei kystnære områda legg St. meld. nr. 12 (2001-2002) opp til ei forvaltning etter EU sitt rammedirektiv for vatn. Direktivet stiller krav til ei heilskapleg forvaltning og at det skal arbeidast ut miljømål for vassdrag og sjøområde på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Hovudformålet i direktivet er å verne, og om nødvendig betre, vasskvaliteten innan 2015. Gjennomføringa av direktivet skjer i fellesskap med Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Helsedepartementet og er leia av Miljøverndepartementet. Det er i dag vanskeleg å vurdere omfanget av dei meir langsiktige kostnadene ved gjennomføringa av tiltak som blir utløyste av direktivet. Det er sett i gang eit omfattande arbeid med å vurdere samfunnskonsekvensane av direktivet, som Miljøverndepartementet og dei aktuelle departementa i fellesskap vil komme tilbake til i budsjettproposisjonar i åra framover. I dei næraste åra vil rammedirektivet krevje ekstra ressursinnsats m.a. når det gjeld krav til kartlegging, overvaking, utgreiing, samordning, rapportering og utarbeiding av forvaltningsplanar. Karakteriseringa er svært viktig for å kunne fastsetje dei nødvendige tiltaka for å gi vassførekomstane tilfredsstillande kvalitet i samsvar med rammedirektivet. Karakteriseringsarbeidet er sett i gang inneverande år. Det vil gå føre seg fram mot år 2005, og inneber m.a. beskriving av typar av vassførekomstar, utbygging av referansestasjonar som skal overvakast og økonomiske analysar i nedbørfeltdistrikt. Vatn vil stå særleg i fokus i 2003, som er FN-året for ferskvatn.
Innan kommunal avløpssektor og fiskeoppdrett blir det nytta utsleppsløyve/pålegg om reinsing, i medhald av forureiningslova, og bruk av forureiningsgebyr for å sikre gjennomføring av pålegga. Avrenning frå landbruket er regulert av miljøvernstyresmaktene m.a. gjennom forskrifter om husdyrgjødsel, bakkeplanering og silopressaft.
Den som driv verksemd som kan medføre akutt forureining skal i medhald av forureiningslova ha ein tilfredsstillande beredskap. Den offentlege beredskapen (kommunal og statleg) er derfor i prinsippet eit supplement til den private beredskapen. Beredskapen for petroleumsverksemda er basert på miljøvernstyresmaktene sitt felles regelverk med tryggleiksstyresmaktene (Oljedirektoratet og Statens helsetilsyn). Internkontroll, som òg omfattar beredskap, er gjennomført hos alle operatørselskap. Operasjonelle utslepp til sjø frå petroleumsverksemda er regulert gjennom forureiningslova, mens sjødugleikslova regulerer utslepp frå skip. I St. meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav, det er slått fast at regjeringa vil sikre at målet om 0-utslepp av miljøfarlege stoff til havs blir realisert. Utvikling av teknologi for å fjerne eller redusere utslepp av produsert vatn er viktigast.
Det er brei semje om at kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ikkje er godt nok, og at den forskings- og overvakingsinnsatsen som blir gjort av industrien og forvaltninga på området bør bli organisert på ein meir føremålstenleg måte enn i dag. På denne bakgrunnen vil Regjeringa i samarbeid med industrien setje i gang eit forskingsprogram på langtidseffektar av utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda. Den 5. internasjonale ministerkonferansen om vern av miljøet i Nordsjøen (Nordsjøkonferansen) vart halden i Bergen 20.- 21 mars 2002 og resulterte i ei ministererklæring. Sverige har no overteke ansvaret for å føre vidare nordsjøsamarbeidet. Ministererklæringa vil bli følgt opp innan dei respektive resultatområda.
12 Resultatområde 5: Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere bruk og utslepp av miljøgifter og andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar til jord, luft og vatn nasjonalt. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølginga av OSPAR-konvensjonen, Nordsjø-deklarasjonane og miljøgiftprotokollar under FN sin økonomiske kommisjon for Europa (ECE) og FN sitt miljøprogram UNEP. Kjemikaliar som bryt ned ozon, drivhusgassar og kjemikaliar som medfører grenseoverskridande og lokale luftforureiningar er dekte under resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Strategisk mål
Utslepp og bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal ikkje føre til helseskadar eller skadar på naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Konsentrasjonane av dei farlegaste kjemikaliane i miljøet skal bringast ned mot bakgrunnsnivået for naturleg førekommande stoff, og tilnærma null for menneskeskapte sambindingar.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 12.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Nasjonale resultatmål: | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål: | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar: |
---|---|---|
1. Utslepp av enkelte miljøgifter (jf. prioritetslista i tabell 13.2) skal bli stansa eller redusert vesentleg innan år 2000, 2005 og 2010. | 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista for dei bruksområda som fell innafor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde, og i samsvar med fristene i det nasjonale målet | - Indeks for utslepp av kjemikaliar på prioritetslista vegen etter fare for helse og miljø. |
2. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det mål å stanse utsleppa innan ein generasjon (25 år, dvs. ca 2020). | 2.1. Målet blir nærare operasjonalisert gjennom m.a. internasjonalt arbeid. | - Stoff er på OSPAR si prioritetsliste. |
3. Risikoen for at utslepp og bruk av kjemikaliar blir årsak til skade på helse og miljø skal bli redusert vesentleg. | 3.1. Sikre vesentleg reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikaliane og bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde | Utvikling i bruk av: - utvalde stoff/stoffgrupper (vurderte etter fare for helse og miljø) på OBS-lista. - farlege kjemikaliar fordelte på ulike bransjar (alle fareklassar eller CMR-stoff). - utvalde produkttypar. |
4. Forureina grunn, vatn og sediment som skriv seg frå verksemd i tidlegare tider, feildisponering av avfall og liknande, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem. | 4.1. Miljøvernstyresmaktene skal syte for at dei som har ansvar for forureina grunn, sikrar at forureina grunn som skriv seg frå tidlegare verksemd ikkje medfører fare for spreing av alvorleg forureining eller helseskade. | For tilstand: - Areal med kosthaldsråd i norske fjordar. - Samla areal med «alvorleg» forureina grunn i Noreg. - Talet på kilometer vassdrag som er alvorleg påverka av avrenning frå nedlagde gruver. For påverknad: Talet på grunnforureiningslokalitetar der det er konstatert eller mistanke om at det lekkjer ut forureining. |
1) Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på miljøet generelt. I tillegg har miljøvernstyresmaktene ansvaret for den påverknad kjemikaliar har på forbrukarane si helse, mens påverknad på arbeidstakarane si helse er arbeidsstyresmaktene sitt ansvar. Miljøvernstyresmaktene sitt ansvar er vidare avgrensa i forhold til kjemikaliane sine bruksområde. Eksempel på bruksområde som fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde er plantevernmiddel, legemiddel, veterinærprodukt, kosmetikk, næringsmiddel og ei rekkje bekjempingsmiddel. Endeleg er òg ansvaret avgrensa i forhold til enkelte eigenskapar ved kjemikaliar. Brann- og eksplosjonsfare knytt til kjemikaliar fell utanfor miljøvernstyresmaktene sitt ansvarsområde.
Tabell 12.2 Liste over prioriterte kjemikaliar som er omfatta av det nasjonale resultatmål 1 (Prioritetslista)
Skal reduserast vesentleg innan 2000 og blir søkt stansa innan 2005: | Skal reduserast vesentleg seinast innan 2010: |
---|---|
Høgklorerte, kortkjeda parafin | Brommerte flammehemmarar |
PCB | 1,2 Dikloretan (EDC) |
Pentaklorfenol | Dioksin og furan |
Nonylfenol og nonylfenoletoksilat1) | Heksaklorbenzen |
Oktylfenol og oktylfenoletoksilat1) | Klorerte alkyl benzen (KAB) |
Enkelte tensid | Muskxylen |
Tetrakloreten (PER) | |
Triklorbenzen | |
Trikloreten (TRI) | |
PAH | |
Tributyltinnsambindingar | |
Trifenyltinnsambindingar | |
Bly | |
Kadmium | |
Koppar | |
Kvikksølv | |
Krom |
1) stansast innan 2000
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Sikre stans eller reduksjon i utslepp av kjemikaliane som er omfatta av lista eller kriteria, for dei bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde, og i samsvar med fristane i det nasjonale målet.
Arbeidsmål 1 omfattar eit tjuetal miljøgifter som utgjer særlege helse- og miljøproblem i Noreg. I følgje målet skal utsleppa av stoffa på den første delen av lista vere vesentleg reduserte innan 2000 i forhold til nivået i 1995, og målet er å stanse dei heilt innan 2005. Utsleppa av dei andre miljøgiftene på lista skal reduserast vesentleg innan 2010.
Dei samla utsleppa av alle miljøgiftene på prioritetslista er reduserte frå 1995 til i dag. Utsleppa av miljøgiftene på den første delen av lista er vesentleg reduserte i tråd med målet. Målet om at utslepp av stoffgruppene nonylfenol, nonylfenoletoksilat, oktylfenol og oktylfenoletoksilat (alkyfenol) skulle vere stansa innan år 2000 er etter miljøvernstyresmaktene sitt syn oppfylt så langt som mogleg. Utsleppa av miljøgiftene på den andre delen av lista er òg reduserte, men det er naudsynt med ytterlegare tiltak for å nå målet om vesentlig reduksjon for alle stoffa på lista innan 2010.
Det vil i St.meld. om Rikets miljøtilstand og Regjeringens miljøvernpolitikk (2002-2003) bli foreslått ei justering av resultatmål 1 for å sikre at det rettar seg mot dei farlege miljøgiftene.
Arbeidsmål 2.1. Målet skal operasjonaliserast nærare gjennom m.a. internasjonalt arbeid.
Målet inneber at utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø skal stansast innan ein generasjon (25 år frå 1995 då målet vart vedteke, dvs. innan 2020). Stoffa som er omfatta av generasjonsmålet er dei som er rekna som miljøgifter. Målet er nedfelt i ministererklæringa frå den fjerde Nordsjøkonferansen i 1995 og i OSPAR sin miljøgiftstrategi. Innan OSPAR er det no offentleggjort ei liste over nesten 400 stoff som førebels er omfatta av generasjonsmålet, jf. resultatmål 2. Av desse er 45 stoff prioriterte for tiltak. Eit liknande mål har òg blitt vedteke i det nye EU-direktivet om vassressursar, og målet blir dermed omfatta av EØS-regelverket. Reduserte utslepp av stoff omfatta av resultatmål 1 og stoff omfatta av internasjonale forpliktingar medverkar til at vi kjem nærare dette målet.
Arbeidsmål 3.1. Sikre vesentlig reduksjon i risikoen for at utslepp og bruk fører til skade på helse og miljø for dei kjemikaliane og bruksområda som fell innanfor miljøvernforvaltninga sitt ansvarsområde.
Arbeidsmålet er retta mot det meir generelle arbeidet med å hindre helse- og miljøskade frå kjemikaliar. Målet inneber at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal inngå i produksjon, produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer faren for helse- og miljøskade til eit minimum. Omfanget av bruken av kjemikaliar som er klassifiserte som helse- eller miljøfarlege er ein indikasjon for utviklinga av risiko knytt til bruk og utslepp av kjemikaliar. Omfanget av bruken av slike kjemikaliar er ikkje vesentleg endra frå 1999 til 2001.
Arbeidsmål 4.1. Miljøvernstyresmaktene skal syte for at dei som har ansvar for forureina grunn, sikrar at forureina grunn som skriv seg frå tidlegare verksemd ikkje medfører fare for spreiing av alvorleg forureining eller helseskade.
Miljøverndepartementet sin strategi for arbeidet med forureina grunn vart skissert i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Av dei om lag 100 stadene som vart oppgitt i St.meld. nr. 8 (1999-2000) med behov for snarlege tiltak, er det gjennomført nødvendige tiltak ved 40. Undersøkingar og tiltak går føre seg ved alle dei andre stadene, og miljøproblema på desse stadene er venta å vere løyste innan 2005. Det gjenstår om lag 352 av dei 500 saker der det er behov for å undersøkje om forureininga er så alvorleg at det er påkrevd med tiltak. Dei som er ansvarlege etter forureiningslova må utgreie miljøtilstanden og behovet for tiltak som avgrensar forureiningane.
Det er òg ei rekkje lokalitetar med forureining i grunnen som ikkje representerer noko problem med den bruk som er i dag av dei aktuelle areala og resipient. I 2001 var det ca. 1438 slike kartlagde lokalitetar.
Det vart i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav gitt ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Melding er nå til behandling i Stortinget.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med totalt 143,5 mill. kr. Finansieringa er i hovudsak dekt over Statens forureiningstilsyn sitt budsjett kap. 1441 og kapitla 1400, 1443 og 1410.
Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), Lov om kontroll med produkt, produktkontrolloven og forbrukartenester, og forskrifter gitt i medhald av desse er dei sentrale juridiske styringsverktøya på kjemikalieområdet. Nye reguleringar på kjemikalieområdet vil bli nærare omtalte i St.meld. om Rikets miljøtilstand og regjeringa sin miljøvernpolitikk (2002-2003).
Internasjonalt arbeid er spesielt viktig då ein stor del av den mengda helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blir tilført miljøet i Noreg stammar frå utslepp i andre land, og blir ført til Noreg via luft- og havstraumar. I tillegg blir det innført ei rekkje kjemikaliar via produkt som er produserte utanfor Noreg. Utviklinga av EU sitt nye kjemikalieregelverk har spesielt stor innverknad for Noreg fordi regelverket vil vere ein del av EØS-avtala. Regjeringa vil medverke til å utvikle eit godt nytt europeisk kjemikalieregelverk gjennom dei fora Noreg deltek i, og Noreg skal medverke til effektiv gjennomføring og utviding av regionale og globale avtaler og konvensjonar på kjemikalieområdet.
Forvaltninga av kjemikaliar er i dag svært kompleks og fordelt på ei rekkje departement og direktorat. For å sikre ei effektiv og heilskapleg forvaltning har Regjeringa gjennomført eit breitt arbeid for å kartleggje og analysere regelverk og organisering av forvaltninga på kjemikalieområdet, og den vurderer no behovet for endringar.
Produktregisteret er eit landsdekkjande register for farlege kjemikaliar og stoffblandingar som blir produserte i og importerte til Noreg. Frå og med 1. januar 2002 fekk Miljøverndepartementet det økonomiske og administrative ansvaret for Produktregisteret. Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vurdert endringar i registeret basert på ein rapport frå Statskonsult. Arbeidsgruppa foreslår ei mindre utviding av deklarasjonsplikta, betre tilrettelegging av offentleg informasjon og effektivisering av drifta.
Miljøverndepartementet har vore med på å opprette Produktinformasjonsbanken (PIB) som skal medverke til å styrkje informasjon og kunnskap om kjemikaliar i farlege stoff. PIB er eit samarbeid mellom Produktregisteret, Giftinformasjonen og GRIP. Målet er å effektivisere forvaltninga og distribusjonen av kjemikalieinformasjonen på Internett. Oppbygginga av nettstaden www.PIB.no blir ført vidare i 2003, og det vil bli arbeidd for at informasjonen blir gjort meir tilgjengeleg for allmenta.
Forureina grunn og opprydding i forureina sediment
Miljøverndepartementet vil føre vidare arbeidet med forureina grunn og sediment innanfor dei fem hovudområda som vart skisserte i St.prp. nr. 1 (1999-2000). Det viktigaste verkemidlet for å få rydda opp i område med forureina grunn er pålegg etter forureiningslova. Ei rekkje lokalitetar med forureina grunn representerer ikkje noko problem med den bruken som er i dag av aktuelle areal og resipientar, men må vurderast i samband med aktuelle byggje- og gravesaker. For slike saker er det no på høyring eit utkast til forskrift med sjølvberande krav til tiltakshavar, mellom anna krav til utarbeiding av plan for å unngå spreiing av forureininga før og etter tiltaket. Fylkesmannen, alternativt kommunane, får mynde til å føre tilsyn med slik forskrift. Det blir òg arbeidd med å leggje til rette for at allmenheten skal få betre tilgang til informasjon om forureina grunn, og at lokale styresmakter skal kunne få nødvendig mynde og tilgang til den informasjonen som trengst for lokalt å kunne overta dette ansvaret. Som eit ledd i dette arbeidet vart SFT sin database for grunnforureining lansert 22. mai 2002.
Det vart gitt ei brei omtale av status og lagt fram ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment, jf. St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav. I strategien blir det lagt opp til at der forureinar er kjent vil hovudverkemiddelet vere pålegg etter forureiningslova. Staten vil medverke med midlar til opprydding i område der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å pålegge dei ansvarlege dei fulle kostnadene. Regjeringa foreslår derfor auka innsats på dette området, jf. kap. 1441 post 39.
For å sikre framgang i arbeidet med opprydding i mindre akutte problemområde, og at det blir teke heilskaplege grep regionalt i høve til større kyst- og fjordområde, er det lagt opp til at det skal utarbeidast fylkesvise tiltaksplanar. For dei mest forureina områda skal desse ferdigstillast innan 2005 og for dei resterande områda i 2009. SFT skal innan utgangen av 2002 ha laga ei liste over kva fjordområde som er prioriterte for å lage fylkesvise tiltaksplanar innan 2005. Regjeringa legg opp til at arbeidet med dei fylkesvise tiltaksplanane skal ta til allereie i 2003 og foreslår derfor auka innsats på dette området, jf. kap. 1441 post 39.
Departementet arbeider med å utgreie ulike former for fondsordningar for finansiering av opprydding i forureina grunn og forureina sediment (gamle synder).
Regjeringa har foreslått at det blir gjennomført pilotprosjekt, jf. St.meld. nr. 12 (2001-2002), for å få praktisk erfaring med og kunnskap om heilskaplege oppryddingsprosjekt i forureina sediment. Pilotprosjekta skal medverke til at det blir utvikla slik kunnskap, erfaring og vegleiingsmateriell for heile prosessen frå planlegging til tiltaksgjennomføring av opprydding i forureina sediment. Det vil i inneverande år bli sett i gang pilotprosjekt i Kristiansand, Trondheim, Tromsø og Borre. Det vil vere nødvendig med ein innsats over fleire år for å få gode resultat som kan overførast. I tillegg blir pilotprosjektet i Sandefjord ført vidare. Regjeringa foreslår derfor auka løyvingar til dette arbeidet, jf. kap. 1441 post 39. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av oppryddinga i forureina sediment, er det behov for meir grunnleggjande kunnskap knytt til m.a. spreiing, opptak og verknader av miljøgifter på økosystem og organismar. Regjeringa vil derfor prioritere forsking, utgreiing og overvaking på dette området.
13 Resultatområde 6: Avfall og gjenvinning
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere miljøskadelege utslepp som følgje av avfall (inkl. spesialavfall), gjennom å redusere avfallsmengdene, auke gjenvinninga og syte for ei forsvarleg sluttbehandling av avfallet og mindre forsøpling. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, særleg arbeidet med EU-direktiv og oppfølginga av Basel-konvensjonen. Resultatområdet omfattar ikkje kjernefysisk avfall, eller avfall frå sprengstoff, eksplosiv m.v. Både fiskeavfall som blir dumpa til sjøs og lausmassar, stein og grus er omfatta av avfallsomgrepet, men dei er ikkje årsak til vesentlege ulemper når det gjeld forureining.
Strategisk mål
Det er eit mål å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Dette skal gjerast ved å løyse avfallsproblema gjennom verkemiddel som sikrar ein samfunnsøkonomisk god balanse mellom omfanget av avfall som blir generert, og som blir gjenvunne, brent eller deponert.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sitt arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 13.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 6: Avfall og gjenvinning
Nasjonale (resultat)mål: | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål: | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar: |
---|---|---|
1. Utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. | 1.1 Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentlig lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir rett prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling1). | Total mengd avfall generert per år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP. |
2. Basert på at mengda avfall til sluttbehandling skal reduserast i tråd med kva som er eit fornuftig nivå av omsyn til samfunnsøkonomi og miljø, er det teke sikte på at mengda avfall til sluttbehandling innan 2010 skal vere om lag 25 % av generert avfallsmengd. | 2.1 Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til sluttbehandling skal vere maksimalt 25% av generert avfallsmengde per år innan 2020, gjennom forvaltning av Forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv.1) | Den delen av totalt generert mengd avfall som går til sluttbehandling. |
3. Praktisk talt alt spesialavfall skal bli teke forsvarleg hand om, og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet. | 3.1 Miljøvenforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt spesialavfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av Forureiningslova og forskrift om spesial-avfall. | Mengd spesialavfall med ukjent disponering. Mengd spesialavfall som blir eksportert til sluttbehandling. |
1) Arbeidsmål og oppfølging/verkemiddel knytte til resultatmål 1 vil i monaleg grad påverke måloppnåinga for resultatmål 2, og vice versa.
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Miljøvernforvaltninga skal stimulere til at generering av avfallsmengdene blir vesentleg lågare enn den økonomiske veksten gjennom verkemiddel for meir rett prising, kostnads- og ansvarsdeling for avfallshandtering, og gjennom tilskot og kunnskapsformidling.1
Utviklinga i avfallsmengda blir påverka av ein rekkje drivkrefter i samfunnet, m.a. av den økonomiske utviklinga. Miljøvernforvaltninga har få verkemiddel som direkte regulerer genereringa av avfall. Verkemiddel som er innførte for å sikre auka gjenvinning eller forsvarleg sluttbehandling av avfall vil òg stimulere til avfallsreduksjon. Både skjerpa krav til avfallsbehandling, avgift på sluttbehandling av avfall og innføring av produsentansvar er med på å prise miljøkostnader og medverkar til betre ansvarsdeling, og stimulerer til avfallsreduksjon. Statistikken over avfallsmengd for dei siste åra tyder på at utviklinga går i retning av at dei totale avfallsmengdene aukar mindre enn BNP. Nærare omtale av utviklinga vil bli gitt i St.meld. om Rikets miljøtilstand og Regjeringa sin miljøvernpolitikk (2002-2003).
Miljøverndepartementet har nedsett eit utval med representantar frå næringsliv, kommunar, forbrukarar, forsking og organisasjonar som skal gi råd om verkemiddel og forslag til tiltak for å redusere avfallsmengdene. Konklusjonane frå utvalet vil bli gitt ut i form av ei NOU. Utvalet skal avslutte sitt arbeid innan utgangen av 2002. Vidare medverkar òg tilskot til GRIP, Miljøfyrtårn-ordninga og stiftelsen Miljømerking til avfallsreduserande tiltak.
Arbeidsmål 2.1 Miljøvernforvaltninga skal medverke til rammevilkår som fører til at avfallsmengda til sluttbehandling skal vere maksimalt 25% av generert avfallsmengd per år innan 2020, gjennom forvaltning av Forureiningslova, konsesjonspraksis og krav til kommunar og næringsliv..
Sluttbehandlingsavgifta set strenge krav til sluttbehandling og særskilte returordningar for enkelte avfallstypar, legg til rette for stadig aukande gjenvinning. Statistikk vil bli presentert i St.meld. om Rikets miljøtilstand og Regjeringa sin miljøvernpolitikk (2002-2003).
Arbeidsmål 3.1. Miljøvenforvaltninga skal medverke til at praktisk talt alt spesialavfall blir teke forsvarleg hand om ut frå miljøomsyn og til å sikre god nok nasjonal behandlingskapasitet, gjennom forvaltning av Forureiningslova og forskrift om spesialavfall.
Miljøvernforvaltninga sitt løpande arbeid med regulering og tilsyn med alle som handterer spesialavfall er viktig for å sikre ei høg grad av innsamling og forsvarleg behandling av spesialavfall. Det er også i år spesielt fokus på PCB-haldige isolerglasruter og det er lagt ned eit monaleg arbeid i å få til auka innsamling. M.a. vart det inngått ei avtale mellom den aktuelle bransjen og Miljøverndepartementet som skal sikre etablering av eit landsomfattande system for forsvarleg handtering av PCB-haldige isolerglasruter. Frå 1. juli har alle kunna levere PCB-haldige isolerglasruter til same pris som det i dag kostar å levere vanlege vindauge. Nærare statistikk på spesialavfallsfeltet vil bli presentert i RM.
Verkemiddel
Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; lover og forskrifter, avgifter, tilskotsordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Resultatområdet er planlagt finansiert med 410,1 mill. kr, som blir løyvd over kap. 1441 Statens forureiningstilsyn, kap. 1400 Miljøverndepartementet, og i noko grad over kap. 1410 Miljøforsking.
Forskrift om kasserte køyretøy tredde i kraft 1. juli 2002 og implementerer EU-direktiv (2000/53/EF) om utrangerte køyretøy i norsk regelverk. Forskrifta legg opp til at produsentar og importørar av køyretøy gradvis tek over ansvaret for handtering av kasserte køyretøy, såkalla produsentansvar. Frå 1. juli 2002 har bilimportørane ansvaret for bilar importerte etter denne datoen og frå 1. januar 2007 vil dei få fullt ansvar for alle kasserte bilar. Det statlege systemet vil såleis halde fram til 2007, jf. omtale under kap. 1441 post 73. I god tid innan 2007 vil ein vurdere om det er behov for eventuelt å vidareføre den statlege vrakpanten. Ordninga med statleg vrakpant vil halde fram til 1. januar 2007. Innan den tid vil ein vurdere alternative system for å sikre innlevering av bilvrak.
Innsamling og ombruk eller gjenvinning av emballasje for drikkevarer blir stimulert gjennom ei miljøavgift som blir redusert i takt med aukande returdel. I tillegg er det ei grunnavgift på eingongsemballasje til drikkevarer for å stimulere til ombruk. Ordninga blir ført vidare i 2003, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Innsamling og gjenvinning av annan emballasje er regulert gjennom avtaler med næringslivet.
Innsamling og gjenvinning av brukt smørjeolje (spillolje) blir stimulert gjennom ei avgift på smørjeolje og avgiftsrefusjon ved levering av spillolje til godkjent innsamlar. Refusjonsordninga vart i 2000 utvida til òg å omfatte spillolje som ikkje stammar frå avgiftspliktig smørjeolje, men framleis med unntak for spillolje som stammar frå skip i utanriksfart.
Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med den aktuelle bransjen om ei landsdekkande returordning for PCB-haldige isolerglasruter. Ordninga inneber at alle skal kunne levere inn slike vindauge til ein pris som ikkje vesentleg overstig kva det kostar å levere inn vanlege vindauge. Ordninga blir finansiert dels gjennom tilskot frå staten og dels gjennom bransjen si eiga finansiering. Sjå nærare omtale under kap 1441 post 77.
Over kap. 1400, post 73 Tilskot til kompetanseoppbygging og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, blir det gitt driftstilskot til ulike spesifiserte verksemder som m.a. arbeider for auka gjenvinning av avfall, jf. omtale under kap. 1400.
Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova), og forskrifter gitt i medhald av den, er dei sentrale juridiske styringsverktøya på avfallsfeltet.
Anlegg for sluttbehandling av avfall er konsesjonspliktige, og det er stilt strenge krav til reinsing av utslepp frå deponi og forbrenningsanlegg. Krava blir stadig skjerpa og det er nyleg fastsett (21.03.02) ei forskrift med nye krav knytte til deponia som sikrar implementering av direktiv i EØS-avtala om dette. Vidare er det i EU vedteke eit nytt direktiv om forbrenning av avfall. Dette direktivet vil innan kort tid bli innlemma i EØS-avtala. Eit forslag til forskrift om forbrenning av avfall som gjennomfører direktivet i norsk rett er på høyring blant aktuelle partar.
Kommunane har ei sentral rolle i handteringa av avfall. Dei har ansvar for å samle inn og behandle forbruksavfall, dei handhevar forbodet mot forsøpling og har plikt til å sikre seg full kostnadsdekning når dei fastset avfallsgebyra, og dei blir oppmoda til å differensiere gebyra. Dei har òg plikt til å syte for innsamling av spesialavfall frå mindre verksemder, innsamling av elektronisk avfall, og innsamling og forsvarleg behandling av kuldemøbel som inneheld KFK. Næringslivet har ansvar for at produksjonsavfall blir levert til godkjende behandlingsanlegg dersom det ikkje blir gjenvunne eller brukt på annan måte. Delar av produksjonsavfallet er regulert gjennom konsesjonar der det m.a. er stilt krav til bedrifta om ein plan for avfallsreduksjon. Det har i aukande grad blitt lagt vekt på at næringslivet har ansvar for avfall frå eigne produkt. I tråd med dette er det teke i bruk verkemiddel for å sikre at produsentar og importørar tek ansvar for innsamling og gjenvinning av ulike avfallstypar, m.a. for elektriske og elektroniske produkt, dekk, blybatteri og forskjellige typar emballasje.
I mai i år vart det i Ot.prp. nr 87 (2001-2002) fremja forslag om å endre definisjonane av avfall i forureiningslova. Dei omgrepa som er nytta i dag, forbruks- og produksjonsavfall, er foreslått endra til nærings- og hushaldsavfall. Dette vil medføre redusert kommunalt ansvar på avfallsfeltet, samtidig som offentlege og private verksemder får auka handlefridom med omsyn til handtering av eige avfall.
Noreg deltek i internasjonalt samarbeid med sikte på å oppnå ei mest mogleg føremålstenleg tilnærming til miljøproblema som skriv seg frå avfall, og for å hauste erfaringar frå andre land, under dette i samanheng med arbeidet under Nordisk Ministerråd. Samarbeidet med EU er sentralt, og EØS-avtala inneheld ei rekkje reglar som regulerer avfallsområdet. Dei viktigaste direktiva regulerer standarden på avfallsanlegga, og dermed utsleppa frå sluttbehandling av avfall. I tillegg legg EU opp til auka bruk av produsent- og bransjeavtaler med næringslivet. Noreg har òg slutta seg til Basel-konvensjonen av 1989 som er ein global FN-konvensjon som regulerer høvet til import/eksport av avfall og fastset krav til prosedyrar ved slike transportar.
Avgifta på sluttbehandling av avfall vart innført frå 1. januar 1999. For betre å stimulere til energigjenvinning og for at avgifta mest mogleg skal samsvare med dei miljøkostnader utsleppa har, er det foreslått ei omlegging av sluttbehandlingsavgifta. Det blir foreslått at avgifta på deponi blir differensiert etter miljøstandard, enten i forhold til fastsette krav eller etter spesifikke risikovurderingar. For forbrenningsanlegg blir det lagt opp til ei avgift direkte på utsleppa. Den tidlegare differensieringa er foreslått erstatta av ei tilskotsordning for mengda produsert energi jf. kap.1441, post 78. For nærare omtale av omlegging av avgifta viser vi til St prp nr 1 2002-2003 Skatte-, avgifts- og tollvedtak.
14 Resultatområde 7: Klimaendringar, luftforureining og støy
Resultatområdet omfattar følgjande underområde:
Klimaendringar
Nedbryting av ozonlaget
Langtransporterte luftforureiningar
Lokal luftkvalitet
Støy
14.1 Klimaendringar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette m.a. karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen.
Strategiske mål
Konsentrasjonen av klimagassar skal bli stabilisert på eit nivå som vil hindre skadeleg, menneskeskapt påverknad av klimasystemet.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 14.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Klimaendringar
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
1.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli effektive miljøinstrument for å avgrense utslepp av klimagassar. | - Status for dei internasjonale forhandlingane og landa si oppfølging av avtalene, under dette talet på land med utsleppsforpliktingar som har ratifisert Kyotoprotokollen. | |
2. Utsleppa av klimagassar i den forpliktande perioden 2008-2012 skal ikkje vere meir enn 1 % høgare enn i 1990 | 2.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg. | - Utvikling i nasjonale utslepp av klimagassar. Styrken i bruken av verkemiddel overfor klimagassar. Utviklinga og gjennomføringa av kvotesystem og andre verkemiddel. |
2.2. Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene. | - Omfang av utnytting av lokale og nye fornybare energikjelder. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1: Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli effektive miljøinstrument for å avgrense utslepp av klimagassar.
Under avslutninga av den 6. partskonferansen under Klimakonvensjonen i Bonn i juni 2001 og under den 7. partskonferansen i Marrakesh i oktober/ november 2001 vart det semje om ei omfattande politisk avtale som gir avklaring på dei politisk mest vanskelege spørsmåla knytte til Kyotoprotokollen. Med semja i Bonn og Marrakesh fekk ein konkretisert reglar og retningslinjer for gjennomføring av Kyotoprotokollen. Protokollen er no av ein slik karakter at den kan ratifiseras òg av land med utsleppsforpliktingar. 22. mars la Regjeringa fram St.prp. nr. 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen av 11. desember 1997 til FN sin rammekonvensjon om klimaendring av 9. mai 1992. Etter at Stortinget gav sitt samtykke, ratifiserte Noreg protokollen den 30. mai 2002. Protokollen trer i kraft når minst 55 partar har ratifisert den, under dette industriland som sto for minst 55 % av industrilanda sine samla CO2-utslepp i 1990.
Arbeidsmål 2.1: Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg.
22. mars 2002 la Regjeringa fram St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St. meld. nr. 54 (2000 -2001) Norsk klimapolitikk. I tilleggsmeldinga legg Regjeringa opp til ein styrkt og heilskapleg bruk av verkemiddel for å sikre at Noreg oppfyller sine forpliktingar under Kyotoprotokollen. Utsleppa av klimagassar i 2001 var 56,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette er 8 % høgare enn utsleppa i 1990. Utsleppsveksten for klimagassane i Noreg er venta å halde fram dersom ikkje ytterlegare tiltak blir sette i verk. Framskrivingar viser at samla utslepp av klimagassar vil kunne auke med om lag 20 % frå 1990 fram mot 2010, utan nye tiltak som avgrensar utsleppa. I tilleggsmeldinga til klimameldinga foreslår Regjeringa nye verkemiddel for å redusere utsleppa av klimagassar.
Arbeidsmål 2.2: Medverke til å redusere konsekvensane av utslepp ved bruk og produksjon av energi i samarbeid med energistyresmaktene.
Utslepp av CO2 frå stasjonær forbrenning svarer til 6,2 millionar tonn i 2000. Med ein vekst i energibruken og eventuell utbygging av gasskraftverk utan CO2-behandling vil dei nasjonale CO2-utsleppa kunne auke monaleg framover. Regjeringa vil ha som mal at bruken av mineralolje til oppvarming skal reduseres med 25% i perioden 2008-2012, sammenlignet med gjennomsnittet for perioden 1996-2000.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 7, underområda klimaendringar, nedbryting av ozonlaget og langtransporterte luftforureiningar blir dekt over kap. 1400, kap. 1410 og kap. 1471. CO2-avgifta som vart innført i 1991, vil framleis vere hovudverkemidlet i Noreg inntil eit breitt nasjonalt kvotesystem er på plass. CO2-avgifta dekkjer om lag 64 % av CO2-utsleppa og om lag 47 % av dei samla utsleppa av klimagassar. Det blir her vist til Finansdepartementet sin avgiftsproposisjon for ei nærare oversikt over satsane for CO2-avgifta.
Regjeringa foreslår i tilleggsmeldinga til klimameldinga å etablere eit nasjonalt kvotesystem frå 2005 for dei utsleppskjeldene som i dag ikkje er pålagt CO2-avgift der dette er praktisk gjennomførbart, samtidig som CO2-avgifta blir ført vidare. Regjeringa går inn for å utvide det nasjonale kvotesystemet til å omfatte andre sektorar frå 2008, som er det første året i den forpliktande perioden under Kyotoprotokollen (2008 -2012). Stortinget slutta seg til dette 18. juni 2002. Regjeringa kjem attende med ein eigen odelstingsproposisjon der ein vil greie ut om enkeltelementa i både det tidlege kvotesystemet frå 2005 og det breie kvotesystemet frå 2008, og komme med forslag til lovfesting av kvotesystema.
Miljøverndepartementet har inngått ei avtale med elektrobransjen om reduserte utslepp av SF6. Regjeringa foreslår at det blir innført ei avgift på import av HFK og PFK. Det blir vist til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta.
Som ledd i ein synleg og aktiv klimapolitikk vil Regjeringa satse på auka bruk av nye fornybare energikjelder. I tilleggsmeldinga foreslår Regjeringa at det blir utarbeidd ein strategi for konvertering frå bruk av mineralolje til bruk av nye fornybare energikjelder til oppvarming. Enova SF skal medverke til å oppfylle nasjonale energi- og miljømål, og vil gjennom sine tilskotsordningar spele ei sentral rolle i arbeidet med å auke bruken av ny fornybar energi. Petreoleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel er ei stor kjelde til utslepp av klimagassar. Regjeringa vil derfor leggje til rette for krafttilførsel frå land, og vil vurdere ulike ordningar for korleis dette kan gjerast.
Regjeringa legg i tillegg opp til at avfall i langt større grad enn i dag skal erstatte bruk av fossilt brensel. Omlegging av avgifta på sluttbehandling av avfall vil bli tilpassa klimapolitikken. Regjeringa foreslår å gjennomføre denne omlegginga frå 1. juli 2003. Det er gjort nærare greie for dette under Resultatområde 6 (Avfall og gjenvinning) og i avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Noreg har dei seinare åra samarbeidd med andre land, både gjennom Verdsbanken og bilateralt med land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland for å skaffe erfaring med prosjektsamarbeid for å redusere utsleppa av klimagassar («felles gjennomføring»). Dei nordiske energi- og miljøministrane har vedteke å etablere eit prøveprosjekt for Austersjø-regionen for utprøving av Kyoto-mekanismane der ein ønskjer å skaffe nærare erfaring med slikt prosjektsamarbeid. Det vil bli lagt vekt på prosjekt i energisektoren som kan gi varige utsleppsreduksjonar gjennom overgang til fornybare og mindre forureinande energikjelder. Samarbeidet er ope for private og offentlege aktørar. Kapasitetsbygging relatert til Kyoto-mekanismane er òg ein vesentleg del av denne satsinga. Dette vil vise at Austersjø-regionen er tidleg ute med å følgje opp Kyotoprotokollen.
Regjeringa vil styrkje den klimavitskaplege forskinga i Noreg som vil bli sentrert om eit avgrensa tal område av spesiell verdi for Noreg. Satsinga vil bli retta mot forskingsmiljø på eit høgt fagleg nivå, som gjennom kvalitet og val av fordjupingsområde kan få fram resultat av spesiell verdi for problemforståing og politikkutforming, både nasjonalt og internasjonalt. Spesielt vil forskinga rundt den regionale klimautviklinga, med fokus m.a. på den arktiske forskinga og utviklinga av strategiar for tilpassing bli styrket. Den auka satsinga vil gjelde klimavitskaplege problemstillingar som omfattar grunnleggjande forståing av forholdet mellom naturlege og menneskeskapte klimavariasjonar, klimamodellar, og fysiske, biologiske og samfunnsmessige effektar av klimaendringane i regionen vår. Eit anna prioritert felt er analysar av samfunnsvise rammevilkår og aktuelle verkemiddel. Regjeringa vil gjennom tiltak knytte til forsking, informasjon og oppbygging av kompetanse aktivt medverke til å byggje opp beredskap, og leggje til rette for nødvendige samfunnsvise tilpassingar i ulike sektorar for å avgrense skadar og tap som er venta å ville komme på grunn av klimaendringar. Som følgje av ekstraløyvingar, er det i 2002 oppretta eit nytt 10-årig program, under Noregs Forskingsråd, om effektar av og tilpassing til klimaendringar.
Eit tredje hovudområde for ei styrkt klimaforsking er utvikling av teknologi som konkret reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar. Dette vil òg kunne inkludere utvikling av nye fornybare/alternative energikjelder og meir miljøvennleg og effektiv bruk av energi. Regjeringa har som mål at det skal bli mogleg å etablere gasskraftverk med CO2-handtering, og vil m.a. støtte pilotprosjekt for utprøving av CO2-reduserande teknologiar.
Regjeringa vil at Noreg skal vere ein aktiv deltakar i internasjonalt klimasamarbeid, m.a. i arbeidet med å utvikle vidare Klimakonvensjonen og Kyotoprotokollen til å bli miljø- og klimaeffektive instrument for å avgrense utsleppa og auke opptaket av klimagassar. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at norsk industri og næringsliv skal kunne delta aktivt i internasjonalt klimasamarbeid, m.a. gjennom bruk av Kyoto-mekanismane. Kyotoprotokollen er særs viktig for det internasjonale klimaarbeidet, men er langt frå tilstrekkelig for å møte klimautfordringane. Regjeringa vil arbeide aktivt for ei tidleg oppstart av tingingar om meir ambisiøse klimaforpliktingar for åra etter 2012 med sikte på å få med flest mogleg av dei landa som i dag står utanfor protokollen.
Klimaendringar er eit område som opptek folk flest og som rører mange sektorar i privat og offentleg verksemd. Regjeringa vil leggje vekt på å spreie oppdatert informasjon om klimapolitikken og utviklinga i dei internasjonale klimaforhandlingane. Den faglege informasjonen om klimaspørsmål og prosjekt skjer gjennom SFT og andre direktorat. I tillegg blir det gitt støtte til CICERO, Senter for klimaforsking, for å styrkje informasjonsarbeidet på klimaområdet.
14.2 Nedbryting av ozonlaget
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av alle ozonreduserande stoff, under dette m.a. klorfluorkarbon (KFK), hydroklorfluorkarbon (HKFK), metylbromid og halon. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Montrealprotokollen.
Strategiske mål
All produksjon og forbruk av ozonreduserande stoff skal stansast.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 14.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Nedbryting av ozonlaget
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
3.1. Leie det norske arbeidet med å vidareutvikle Montrealprotokollen til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff. | - Status i det internasjonale arbeidet, under dette talet på land som har ratifisert og følgjer opp dei ulike endringane av protokollen og landa si oppfølging av sine forpliktingar. | |
4. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK). | 4.1. Følgje opp bruken av verkemiddel overfor halon, KFK, tetraklormetan, metylkloroform og HBFK. | - Reell reduksjon i bruk av KFK og halon. |
5. Forbruket av metylbromid skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2005. | 5.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av metylbromid i Noreg, under dette oppfølging av endringar i ozonforordninga frå EU. | - Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av metylbromid. |
6. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere stabilisert frå 1995, og fasa ut innan 2015. | 6.1. Leie det nasjonale arbeidet med å vidareutvikle og implementere bruken av verkemiddel for å redusere forbruket av HKFK i Noreg, under dette følgje opp endringar i ozonforordninga frå EU. | Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK. |
Statusbeskriving
Arbeidsmåla 3.1. - 6.1: Leie det norske arbeidet med å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff og forbruket av desse.
Noreg har oppfylt krava i Montrealprotokollen og vil òg gjennomføre EU si forordning om ozonreduserande stoff (Refulation (EC) No. 2037/2002), som for enkelte stoff set strengare mål for utfasing enn Montrealprotokollen og òg dei nasjonale resultatmåla. EU sine delmål er at bruken av metylbromid skal reduserast med 55 %i forhold til 1991-nivå 75 % innan 1. januar 2003 og 100 % innan 1. januar 2005. Bruken av HKFK skal stabiliserast i forhold til eit nytt basisnivå (som er lik HKFK-bruken i 1989 pluss 2 % av KFK-bruken i 1989) innan 1. januar 2002, 55 % innan 1. januar 2003, 70 % innan 1. januar 2004, 75 % innan 1. januar 2008 og 100 % innan 1. januar 2010. Noreg har ingen produksjon av ozonreduserande stoff. Når det gjeld metylbromid og HKFK, blir det årleg utdelt avgrensa kvotar. I 2001 var bruken av metylbromid redusert til 4 % under EU sitt krav om 60 % reduksjon i forhold til 1991. Bruken av HKFK var redusert til 30 % under EU sitt krav om stabilisering. Noreg ligg godt an til å nå utfasingsmåla for ozonreduserande stoff både under Montrealprotokollen og den nye EU-forordninga.
Verkemiddel
Finansiering av resultatområde 7, underområde nedbryting av ozonlaget, blir i hovudsak dekt under kap. 1400.
Noreg har i mange år lege i framkant av dei internasjonale føresegnene når det gjeld reduksjon i forbruket av dei ozonreduserande stoffa. Bakgrunnen for dei gode reduksjonsresultata for ozonreduserande stoff i Noreg er at det er teke i bruk ein kombinasjon av verkemiddel som har virka styringseffektivt. Forskrifter, informasjon, frivillige tiltak og samarbeid mellom styresmaktene og bransjane har stått sentralt. Alle dei ozonreduserande stoffa i Montrealprotokollen er no regulerte gjennom forskrifter. I samband med gjennomføringa av EU-forordninga vil Miljøverndepartementet vedta ei felles forskrift om ozonreduserande stoff. Denne skal erstatte sju eksisterande forskrifter på området.
Det blir i dag berre gitt løyve til import av metylbromid og HKFK til Noreg. Unntak er import av KFK i ferdigprodusert astmaspray og små mengder KFK, tetraklormetan og metylkloroform til analysar som er godkjende som essensiell bruk under Montrealprotokollen.
Det nasjonale arbeidet er no retta mot kontroll av at føresegnene blir etterlevde, overvaking av miljøsituasjonen og oppfølging av dei endringane i Montrealprotokollen som vart vedtekne hausten 1997. Noreg har sett i verk ei ordning med lisensiering for import og eksport av ozonreduserande stoff slik dei nye krava i Montrealprotokollen la opp til frå 1. januar 2000.
14.3 Langtransporterte luftforureiningar
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utsleppa av svovel, nitrogenoksid, ammoniakk og flyktige organiske sambindingar. I tillegg omfattar det arbeidet med å betre miljøtilstanden, som f.eks. kalking. Meir enn 90 % av nedfallet av svovel og nitrogenoksid i Noreg kjem frå andre land. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, m.a. oppfølging av Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureiningar.
Strategiske mål
Utsleppa av svovel, nitrogenoksid, flyktige organiske sambindingar og ammoniakk skal reduserast, slik at påverknaden av naturen blir halden innanfor kritiske belastningsgrenser (naturen si tolegrense), og slik at mennesket si helse og miljøet ikkje tek skade.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 14.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7, underområde Langtransporterte luftforureiningar
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
7.1. Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar. | - Del av økosystem i respektive Noreg og heile avtaleområdet som er verna mot overskriding av tolegrenser for forsuring, bakkenært ozon og overgjødsling. | |
8.Utsleppa av svoveldioksid (SO2-utsleppa) skal maksimalt vere 22 000 tonn i 2010, som svarer til 58% reduksjon i forhold til nivået i 1990. | 8.1.-11.1. Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2, NOx, VOC og NH3 | - Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
9. Utsleppa av nitrogenoksid (NOX-utsleppa) skal maksimalt vere 156 000 tonn i 2010, som svarer til 31 % reduksjon i forhold til nivået i 1990. | 9.1. sjå ovafor. | - Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
10. Utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC-utsleppa) frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal reduserast med 30 % i høve til 1989-nivå snarast mogleg. I tillegg skal VOC-utsleppa maksimalt vere 195 000 tonn i 2010, som svarer til 35 % reduksjon i høve til nivået i 1990. | 10.1. sjå ovafor. | - Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
11. Utsleppa av ammoniakk (NH3-utsleppa) skal maksimalt vere 23 000 tonn i 2010, som svarer til utsleppsnivået i 1990. | 11.1. sjå ovafor. | - Utvikling i nasjonale utslepp. Del av utsleppa som er omfatta av verkemiddel og styrken på verkemidla (kr/eining utslepp) i høve til ulike sektorar. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 7.1: Leie det norske arbeidet under Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining med sikte på å hindre overskridingar av kritiske belastningar.
Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse miljøproblema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. I 1999 vart det vedteke ein ny protokoll om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon under ECE-konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining. 31 statar har underteikna protokollen, mens fire statar så langt har ratifisert den. Noreg ratifiserte protokollen 30.01.2002. Det er venta at protokollen vil tre i kraft i 2003.
Protokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Pliktene for Noreg i høve til den nye protokollen er reflekterte i dei nasjonale måla. Frå 1985 og fram til i dag har område med forsuringsskadar i Noreg blitt reduserte med meir enn 30 %. Med den nye protokollen vil område med overskridingar av tolegrenser for forsuring bli reduserte med ytterlegare 50-60 %. Likevel vil tolegrensene vere overskridne på ca. 7-8 % av arealet i Noreg i 2010. Gøteborgprotokollen inneheld ei føresegn om at partane eitt år etter at protokollen trer i kraft skal vurdere m.a. om forpliktingane er tilstrekkelege til å nå dei langsiktige måla om at forureiningane ikkje skal overstige naturen si toleranse for forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Det faglege arbeidet som skal danne grunnlag for revisjon av protokollen har allereie starta. Dette arbeidet omfattar m.a. etterprøving av at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei forventa miljøeffektane, og overvaking, undersøkingar og analysar som grunnlag for moglege nye protokollar. Det er ved revisjon av Gøteborgprotokollen òg aktuelt å regulere landa sine utslepp av partiklar som medverkar til helseproblem.
Arbeidsmåla 8.1.-11.1: Leie arbeidet med å utvikle og implementere ytterlegare verkemiddel for reduksjon av nasjonale utslepp av SO2,NOx, VOC og NH3.
Utsleppa av SO2 er fram mot 2010 venta å halde seg stabile på det nivået som er i dag eller bli noko reduserte avhengig av korleis Noreg gjennomfører sine plikter når det gjeld utslepp i høve til Kyotoprotokollen. Noreg vil med dette overhalde den internasjonale plikta for SO2 frå 1994. For å overhalde plikta i Gøteborgprotokollen innan 2010 må Noreg redusere utsleppa av SO2 med 13 % i høve til 2001.
På bakgrunn av forpliktinga i Gøteborgprotokollen har Miljøverndepartementet og Prosessindustriens Landsforening inngått ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Då avtala vart inngått forplikta prosessindustrien seg til å redusere dei årlege utsleppa av SO2 med minimum 5.000 tonn. Prosessindustrien skal vidare leggje fram konkrete forslag til korleis ein slik utsleppsreduksjon kan gjennomførast, og samtidig leggje fram forslag til korleis ein samla reduksjon på 7.000 tonn kan gjennomførast på ein måte som er kostnadseffektiv for Noreg. Utslepp frå den enkelte verksemda vil bli regulerte i konsesjon frå SFT. Stortinget vedtok på denne bakgrunnen å fjerne avgifta for utslepp av SO2 frå bruk av kol og koks og frå raffineria frå 1.1.2002.
Framskrivingar viser at utsleppa av NOx kan ventast reduserte med 11 % i perioden 1990-2010. Ut frå desse framskrivingane av utslepp er Noreg venta å overhalde den internasjonale føresegna for NOx frå 1988. Førebels viser tala at utsleppa av NOx i 2001 var 225.000 tonn. Dette er om lag 8.500 tonn under gjeldande internasjonale forplikting. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av NOx med 31 % i høve til 2001. For NOx-utsleppa er bruken av verkemiddel i dag utforma med utgangspunkt i St.meld. nr. 41 (1994-95) Om Norges politikk mot klimaendringer og utslipp av nitrogenoksider (NOx). Utsleppa av NOx frå køyretøy er regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krava er skjerpa i tråd med utviklinga av EU sitt regelverk på området. Det vart i 2000 innført differensiert årsavgift på tunge køyretøy etter utsleppa av m.a. NOx. Låg-NOx-brennarar blir tekne i bruk ved installering av nye gassturbinar på norsk sokkel der slik teknologi er kommersielt tilgjengeleg. Sjøfartsorganisasjonen i FN, IMO, har vedteke regelverk som set krav til NOX-utslepp frå skip som er bygde eller oppgraderte 1. januar 2000 eller seinare. Dei største utfordringane er knytte til å redusere utsleppa av NOX frå sjøfart og fiske og frå petroleumsverksemda på sokkelen utover det som følgjer av dei krava som allereie er fastsette.
Utsleppa av VOC auka med 19 % frå 1990 til 2001. Tal for 2001 tyder førebels på at utsleppa av VOC var om lag 357.000 tonn. Forpliktinga vår under VOC-protokollen av 1991 er 248.000 tonn. For å etterleve forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av VOC med 45 % i høve til 2001.
For å redusere utsleppa ned til eit nivå som er innanfor det vi har forplikta oss til internasjonalt, blir utslepp av VOC frå lasting av olje på sokkelen no regulerte gjennom utsleppsløyve etter forureiningslova. Noreg har gjennomført eit EU-direktiv om å redusere VOC-utsleppa frå lagring og distribusjon av bensin frå terminalar til bensinstasjonar og eit direktiv om utslepp av VOC frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg. Dei nogjeldande VOC-forpliktingane, som skulle ha vore oppnådde i 1999, ligg ein an til å greie først i 2005 og 2006, gjennom krav til utsleppsreduksjonar ved lasting og lagring av råolje på sokkelen. Desse krava er venta å føre til at Noreg oppfyller VOC-forpliktingane i Gøteborgprotokollen.
Utsleppa av ammoniakk i Noreg har auka med om lag 9 % i perioden 1990-2001. Auken skuldast i hovudsak auka utslepp av ammoniakk frå landbruket og frå personbilar med trevegs katalysator. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite fram mot 2010 utan nye tiltak. For å overhalde forpliktinga i Gøteborgprotokollen må Noreg redusere utsleppa av ammoniakk med 8 % i høve til 2001. Meir enn 90 % av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Derfor må utsleppsreduksjonane gjennomførast i denne sektoren.
Verkemiddel
Finansiering av arbeidet under resultatområde 7, underområde langtransportert luftforureining, blir i hovudsak dekt under kap. 1400 og kap.1441.
Regjeringa vil føre vidare Noreg sitt aktive bidrag til det omfattande internasjonale samarbeidet knytt til forsking, utgreiing og kartlegging av miljøproblem som skuldast langtransportert luftforureining. Dette arbeidet omfattar mellom anna etterprøving av at dei protokollane som allereie er i kraft har hatt dei forventa miljøeffektane, og overvaking, undersøkingar og analysar som grunnlag for moglege nye protokollar. Dei nasjonale overvakingsprogramma, forskingsprogram under Noregs forskingsråd, og Miljøverndepartementet sitt program «Naturen sine tolegrenser», er sentrale for å leggje grunnlag for nye avtaler om langtransportert luftforureining.
Noreg er gjennom EU-direktivet om integrert forureiningskontroll (IPPC-direktivet) pålagt å stille krav til bruk av dei beste tilgjengelege teknikkane når det gjeld utslepp av m.a. SO2, NOx, VOC og frå store energi- og industrianlegg, både på land og på sokkelen. Gjennomføringa av direktivet vil vere viktig for å overhalde Noreg sine forpliktingar under Konvensjonen om langtransportert, grensekryssande luftforureining.
Miljøstyresmaktene tek, så langt m.a. forureiningslova gir høve til dette, sikte på å utforme utsleppsløyve slik at det blir mogleg for industrien å oppfylle reduksjonskravet ved å gå saman om å setje i verk felles tiltak som reduserer utsleppa der industrien finn det mest høveleg.
Det blir no arbeidd med ein heilskapleg gjennomgang av bruken av verkemiddel for å oppfylle krava til reduksjonar av utslepp i Gøteborg-protokollen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i seinare meldingar med eventuelle endringar i bruken av verkemiddel.
14.4 Lokal luftforureining
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere helseskadelege utslepp av dei stoffa som gir redusert luftkvalitet lokalt. Hovudkjeldene til slike utslepp er vegtrafikk og vedfyring, men andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Strategiske mål
Lokale problem med luftforureining skal førebyggjast og reduserast slik at ein tek omsyn til helse og trivsel for menneska.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 14.4 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Lokal luftkvalitet
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
12. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svevestøv (PM10) skal innan 2005 ikkje overskride 50 g/m3 meir enn 25 dagar per år og innan 2010 ikkje meir enn 7 dagar per år. | 12.1.-15.1. Medverke til å nå dei nasjonale måla for luftkvalitet ved å syte for reduserte utslepp frå stasjonære kjelder og miljømessig betre kvalitet på drivstoff og fyringsolje. | Utslepp av svevestøv (PM10), nitrogendioksid (NO2), svoveldioksid (SO2) og benzen frå store stasjonære kjelder. |
13. Gjennomsnittleg timekonsentrasjon av nitrogendioksid (NO2) skal innan 2010 ikkje overskride 150 mg/m3 meir enn 8 timar per år. | ||
14. Gjennomsnittleg døgnkonsentrasjon av svoveldioksid (SO2) skal innan 2005 ikkje overskride 90 g/m3. | ||
15. Gjennomsnittleg årskonsentrasjon av benzen skal innan 2010 ikkje overskride 2 g/m3 som bybakgrunnsverdi. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 12.1.-15.1.: Medverke til å nå de nasjonale målene for luftkvalitet ved å sørge for reduserte utslepp fra stasjonære kjelder og miljømessig betre kvalitet på drivstoff og fyringsolje.
Utslepp frå store, stasjonære kjelder fører i dag til enkelte overskridingar av dei nasjonale resultatmåla. Kvaliteten på drivstoff har innverknad på utslepp av luftforureiningar. Dette gjeld særleg for svovelinnhaldet i drivstoff og utslepp av svevestøv.
Verkemiddel
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med lokal luftkvalitet, og blir dekte under kap. 1441 og 1410. Resultat frå miljøovervaking blir nytta vidare i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og i dose-respons-samanhengar. Budsjettmidla blir òg nytta til å utvikle verktøy og metodar og til pilotprosjekt for utprøving av miljøsoner, jf. postomtalen (kap. 1400, post 21) i del III.
Forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy av 30. mai 1997 set krav til gjennomføring av tiltak i dei områda som er mest utsette for lokal luftforureining. Ei ny forskrift om lokal luftkvalitet vil avløyse grenseverdiforskrifta, m.a. for å sikre implementering av nye EU-direktiv i norsk rett. Det vil ha monalege positive helseverknader å etterleve dei nye EU-direktiva. I tilknyting til forskrift om lokal luftkvalitet vil det òg følgje ein vegleiar. Noreg har gjennom forskrift om kvaliteten på bensin og autodiesel til bruk i motorvogner av 22. mars 2000 implementert EU-direktiv på området. Eit nytt forslag til EU-direktiv stiller strengare krav til bensin og autodiesel frå 2005. Desse krava vil bli implementerte i norsk rett.
Plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel i samband med lokal luftforureining, fordi den kan nyttast til å påverke lokaliseringa av utsleppskjeldene, og til å regulere utnyttinga av omkringliggjande areal. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ.
14.5 Støy
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Sentralt står òg arbeidet med å fremje stille som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar òg internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Strategisk mål
Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at omsynet til helse og trivsel for menneska blir teke vare på.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 14.5 Mål- og indikatortabell for resultatområde 7 underområde Støy
Nasjonale resultatmål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
16. Støyplaga skal reduserast med 25 % innan 2010 i forhold til 1999. | 16.1 Miljøvernstyresmaktene medverker til å nå det nasjonale målet for støy m.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt. | Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 16.1.: Miljøvernstyresmaktene skal medverke til å nå det nasjonale målet for støy m.a. ved eigne verkemiddel å syte for å redusere støyplagene frå industri, motorsport, skytebaner og enkelte produkt.
Støy er eitt av dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,5 millionar personar er utsette for støy nær bustaden sin. Rundt 1 million personar er plaga av støyen, og av desse er over 1/2 million personar sterkt eller mykje plaga. Støy frå samferdsel utgjer til saman rundt 80 % av støyplaga, og vegtrafikk åleine står for over 70 %. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Framskrivingar viser at med dei tiltak og den verkemiddelinnsats som er i dag, vil ikkje resultatmålet kunne bli nådd innan 2010. Det er derfor behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå trafikken.
Industristøy er den nest største kjelda til støyplage (ca. 12 % av samla støyplage). Støyplagene frå skytebaner og motorsport er vesentleg mindre. Støy frå produkt kan òg vere plagsam, men denne støyen er sett på som liten og svært vanskeleg å kartleggje. Miljøvernstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt, og spesielt frå dei ulike kjeldene der miljøvernstyresmaktene sjølve har verkemiddel.
Verkemiddel
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av utsleppstal og andre miljødata og blir nytta m.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Utgreiingsmidlane går òg til pilotprosjekt for utprøving av miljøsoner , jf. postomtale (kap 1400, post 21) i del III. Budsjettmidlane blir vidare nytta til å skaffe fram eller betre datagrunnlag for å følgje opp støyutslepp og støyplage. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar vil vere sentrale òg i tida framover for å vidareutvikla den nasjonale støymodellen for utrekning av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar medverkar vidare til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning.
Forskrift om grenseverdiar for lokal luftforureining og støy av 30. mai 1997 set krav til gjennomføring av forbetringstiltak innan 1. januar 2005 i dei områda som er mest utsette for støy. Støy frå m.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.
Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å førebyggje støyproblem, gjennom ein fornuftig arealbruk. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all planlegging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Retningslinjer for respektive vegtrafikkstøy (blir òg nytta for tog), skytebaner og arealbruk i flystøysoner gitt i medhald av lova skal leggjast til grunn for planlegginga.
EU vedtok 25. juni 2002 eit rammedirektiv for utandørs støy. Fokus er i første rekkje på kartlegging, informasjon og etablering av felles måleeining og målemetodar for støy. Rammedirektivet stipulerer òg at Europakommisjonen i løpet av 4 år skal ha utarbeidd forslag til reduksjon av støy frå dei viktigaste kjeldene - veg og køyretøy, jernbaner og -materiell, fly, utandørs maskiner og industriutstyr og mobile maskiner.
15 Resultatområde 8: Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda
Resultatområdet omfattar følgjande underområde:
Internasjonalt miljøvernsamarbeid
Miljøvern i polarområda
Radioaktiv forureining
15.1 Internasjonalt miljøvernsamarbeid
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar bilateralt miljøvernsamarbeid med land i Aust-Europa, i hovudsak Russland. Det generelle samarbeidet med land i Sentral-, Søraust- og Aust-Europa er samordna innanfor ramma av Miljø for Europa-prosessen. Samarbeidet i nærområdet går føre seg innanfor ramma av m.a. Nordisk Ministerråd, Barentsrådet og Arktisk Råd. Resultatområdet omfattar òg bilaterale miljøvernavtaler med u-land og integrering av miljøomsyn i norsk bistand. Til resultatområdet høyrer vidare å ivareta norske interesser innanfor det generelle internasjonale miljøvernsamarbeidet, og arbeidet med miljø- og utviklingsproblem innanfor organisasjonar knytte til FN-systemet, og innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), OECD, EFTA/EØS og Nordisk Ministerråd (NMR). Internasjonalt arbeid retta mot dei enkelte miljøutfordringane er dekt under dei andre resultatområda.
Strategiske mål
Internasjonalt miljøvernsamarbeid skal medverke til å skape kontroll over globale miljøproblem, redusere miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land, sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i våre nærområde og i u-landa, og sikre at internasjonale avtaler og regelverk gir rammevilkår som ikkje svekkjer den nasjonale miljøvernpolitikken.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 15.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Internasjonalt miljøvernsamarbeid
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
1. Samarbeidet i Norden, i Noreg sine nærområde og i den arktiske regionen skal medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminne-verdiane i desse områda, og til å redusere og førebyggje grenseoverskridande forureining som kan påverke miljø, helse eller næringsverksemd i Noreg. | 1.1. I det nordiske samarbeidet vil Miljøverndepartementet medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljøsam-arbeidet 2001-2004. | - Talet på målsetjingar i handlingsplanen som er oppfylte. - Talet på aktivitetar i miljøhandlingsplanen som er igangsette/gjennomførde. - Utarbeide indikatorsett vedrørande strategien for berekraftig utvikling. |
1.2. Medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske region. | - Prosjekt som er sette i gang i NMR sin handlingsplan for natur- og kulturmiljøvern i Arktis. - Talet på prosjekt i Nordvest-Russland med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på prosjekt med norsk samarbeidspartnar.- Auke av russisk eigeninnsats i prosjekta. - Aktivitetar som er sette i gang i arbeidsgrupper og program under Arktisk Råd. - Omfang av lokalt og regionalt samarbeid. | |
2. Samarbeid og bistand skal medverke til å setje styresmakter og næringsliv i Russland betre i stand til å få forsvarleg kontroll over eigne miljøproblem, og til å integrere Russland si miljøvernforvaltning i internasjonalt og regionalt samarbeid. | 2.1. Følge opp gjennomføring av moderniserings-prosjektet for nikkelverket i Petsjenga, gjennomføre tiltak for å styrke miljøkompetansen i forvaltning og industri og implementering av tiltak slik at grenseoverskridande forureiningar frå Nordvest-Russland blir reduserte. | - Framdrift i modernisering av nikkelverket i Petsjenga og etablere system for å påvise endringar i naturtilstanden. - Økonomisk og miljømessig gevinst i bedrifter som har gjennomført Program for reinare produksjon. - Talet på felles klima/ energiprosjekt. |
2.2. Gjennom m.a. NEFCO og den Nordiske industribank fremje miljøinvesteringar i Nordvest-Russland. | - Tal på verna område som er viktige for biologisk mangfald. - Talet på registerte og restaurerte kulturminne. | |
2.3 Styrkt samarbeid om vern og forvaltning av Barentshavet. | - Grad av felles problemforståing av miljøutfordringane i Barentshavet. - Betre standard på russisk oljevernberedskap i nord. - Russisk tilslutning til OSPAR-standardar. | |
3. Noreg skal arbeide for at EØS-regelverket ikkje svekkjer norske miljøvernreglar eller høvet til å skjerpe desse, og at EØS-regelverket tek nødvendige omsyn til norsk vernenivå og norske naturforhold. | 3.1. Påverke utforminga på miljøområdet i ei brei nasjonal prosess og sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomføre i åpenhet og effektivt i det norske lovverket. | - Talet på norske synspunkt/merknader sende/overleverte EU. - Talet på gjennomførte/ innlemma rettsakter innanfor overvakningsorganet (ESA) sine fristar. |
4. Noreg skal arbeide for at rammevilkåra for handel og miljø innanfor WTO medverkar til ei berekraftig utvikling. | 4.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir analyserte og miljøomsyn integrerte i forhandlingane i WTO og i regelverka. | - Evaluering av norske posisjonar og merknader i WTO-forhandlingane. |
5. Globale og regionale samarbeidsorgan skal utviklast til effektiv reiskap for berekraftig utvikling, for å oppnå globale og regionale miljømål og for effektiv oppfølging av internasjonale miljø-konvensjonar. | 5.1 Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i sitt arbeid og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling. | Talet på innspel i miljøarbeidsgruppa sitt arbeid når det gjeld OECD sin miljøstrategi. |
5.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på «Miljø for Europa»-prosessen. | - Førebuing til og deltaking på neste «Miljø for Europa»-miljøvern-ministerkonferanse i Kiev i 2003.- Talet på miljøprosjekt i kandidatlanda til EU, Balkan-statane og dei tidlegare sovjetstatane. | |
5.3 Medvirke til betre organisering av internasjonalt miljøvernsamarbeid, særleg når det gjeld UNEP og CSD, og implementering av internasjonale konvensjonar. | - Vidareføre norske haldningar i generalforsamlinga i FN og styremøte i UNEP i februar 2003. | |
5.4 Følgje opp resultata frå Toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg, gjennom framhalde internasjonalt arbeid og arbeid for konkrete tiltak nasjonalt. | - Samarbeide med FIN og andre aktuelle aktørar om oppfølging av den nasjonale strategien for berekraftig utvikling. - Samarbeide med aktuelle aktørar om oppfølging av den politiske erklæringa om handlingsplanen frå Toppmøtet i Johannesburg, særleg på områda berekraftig produksjon og forbruk, energi, klima, vasspørsmål, kjemikaliar, artstap og handel og miljø. | |
5.5 Arbeide for at aktivitetar under UNEP, CSD, GEF og andre relevante internasjonale organisasjonar medverkar til å løyse viktige globale miljøspørsmål. | - Oppnå tilslutning til norske synspunkt på årlege fellesnordiske konsultasjonar med UNEP og i UNEP sine styremøte. Følgje opp rammeavtala mellom Noreg og UNEP gjennom m.a. årlege konsultasjonar. Framføre norske synspunkt i førebuingane og under møta i CSD. - Påverke GEF-finansiering i tråd med norske posisjonar, og medverke til å sikre tilstrekkeleg finansiering av GEF. | |
6. Miljøomsyn skal integrerast i norsk utviklingsarbeid. Miljøretta bistand og anna samarbeid med utviklingsland skal medverke til å styrkje miljøvernforvaltninga og betre miljøtilstanden i samarbeidslanda og til å førebyggje globale miljøproblem. | 6.1. Arbeide for å vidareutvikle og følgje opp det bilaterale miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og respektive Indonesia, Kina, Sør-Afrika og andre sentrale samarbeidsland. | - Integrering og oppfølging av resultatmåla i dei respektive arbeidsprogramma i det bilaterale miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og våre samarbeidsland. |
6.2. Arbeide for å vidareutvikle miljøforvaltninga sine fagsenter for miljøbistand. | - Sikre nødvendig oppdragsmengd og kompetanseheving til fagsentra gjennom m.a. kurs, seminar og dialog med NORAD. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. I det nordiske samarbeidet vil Miljøverndepartementet medverke til oppfølging av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet for det nordiske miljøsamarbeidet 2001-2004.
Samarbeidsministrane har nedsett ei tverrsektoriell nordisk gruppe for oppfølging av strategien for berekraftig utvikling, som vart vedteken av Nordisk Råd i 2001, og som m.a. har ansvaret for å utvikle indikatorar som kan brukast som eit instrument for rapportering av framsteg i forhold til berekraftig utvikling. Den første rapporteringa på oppfølginga av strategien, under dette arbeidet med indikatorar, fann stad i samband med Nordisk Råd sin sesjon i oktober 2002. Strategien utgjorde eit felles nordisk bidrag til FN sitt toppmøte om berekraftig utvikling i Johannesburg i september 2002.
Under det norske formannskapet i det nordiske regjeringssamarbeidet i 2002 fikk oppfølginga av den nordiske strategien for berekraftig utvikling og miljøhandlingsprogrammet ein sentral plass. Eit viktig innsatsområde var havmiljø og kystkultur, og det vart i september 2002 halde ein nordisk konferanse om dette temaet. Vidare har ein under formannskapet sett i gang eit Nordisk Millenium Ecosystem Assessment (MA), som ein del av eit globalt utgreiingsprosjekt som har til formål å vise kva verdiskaping naturen sjølv står for. Andre viktige innsatsområde under formannskapet har vore auka satsing på kulturmiljøarbeid og arbeidet for å etablere eit forsøksområde i Austersjøregionen for utprøving av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Det blir rapportert om status og resultat for det nordiske miljøvernsamarbeidet i den årlege stortingsmeldinga om det nordiske samarbeidet.
Arbeidsmål 1.2. Medverke til å betre miljøsituasjonen og sikre natur- og kulturminneverdiane i Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske region.
Det er i gang 7 prosjekt i oppfølginga av den nordiske handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis, m.a. effektar av tråling og botnskraping (havområda i nord), overvaking av kulturminne (Grønland og Svalbard), LA 21 i Arktis og prosjekt om miljøundervisning. Nokre av prosjekta blir avslutta i 2002 og resultata vil bli gjort kjent gjennom rapportar via Internett.
Arktisk Råd vart formelt oppretta 19. september 1996 i Ottawa av dei fem nordiske landa, Russland, USA og Canada. Hovudformålet med Arktisk Råd er å fremje samarbeid, koordinering og samhandling mellom landa i felles arktiske saker på ei rekkje område. Finland har formannskapet i Arktisk Råd til hausten 2002, då Island overtek. Under Arktisk Råd er samarbeidet ført vidare på dei ulike områda. Noreg har leia arbeidet med handlingsplanen mot forureining i Arktis - ACAP. Denne legg særleg vekt på tiltak mot miljøgifter. «Artic Monitoring and Assessment Program» AMAP, der Noreg dekkjer sekretariatsutgiftene, la fram sin andre rapport om forureiningstatus i Arktis hausten 2002. Noreg deltek òg aktivt i «Arctic Climate Impact Assessment» - ACIA-prosjektet som skal avsluttast i 2004, jf. resultatområde 7.
Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen utgjer arbeidet under den bilaterale miljøkommisjonen det viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet på miljøområdet (jf. arbeidsmål 2). Arbeidet under kommisjonen er no strukturert i tre hovudområde for å få best mogleg effektivitet og samarbeid på tvers av fagdisiplinar. Hovudområda er det grensenære miljøsamarbeidet, natur- og kulturforvaltning i Kenozero og vern av dei nordlege havområda. Programmet reinare produksjon og samarbeid på klima- og energiområdet er òg høgt prioritert. Det regionale miljøvernsamarbeidet mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg til miljøvernkommisjonen. Miljøvernkommisjonen har møte årleg og vedtek arbeidsprogramma for to år av gongen. Det blir lagt stor vekt på å stimulere til og styrkje det regionale og lokale folk til folk-samarbeidet, under dette samarbeid mellom urbefolkningar. Dei baltiske landa får støtte til miljøprosjekt som særleg medverkar til oppfylling av miljødirektiv i EU. Det er òg starta opp eit arbeid med å etablere Austersjøområdet som testområde for felles gjennomføring av klimaprosjekt.
Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt i Norden sine nærområde og har medverka til fleire miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen, under dette energiøkonomisering, overgang til bioenergi, innsamling og destruksjon av miljøgifta PCB, rehabilitering av vass- og avløpssystem og reduksjon av forureining frå landbruket. Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse. Innsatsen i kandidatlanda til EU blir gradvis nedtrappa, mens innsatsen i Nordvest-Russland er aukande. Det blir vurdert sterkare engasjement i NIS-land.
Arbeidsmål 2.1. Følge opp gjennomføring av moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga, gjennomføre tiltak for å styrke miljøkompetansen i forvaltning og industri og implementering av tiltak slik at grenseoverskridande forureiningar frå Nordvest-Russland blir reduserte.
Moderniseringsprosjektet for nikkelverket er no sett i gang og ei internasjonal ekspertgruppe meiner tiltaka vil redusere utsleppa av SO2 og av tungmetall til luft med minst 90 % når moderniseringa er fullført, etter planen i 2006.
Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke i program for reinare produksjon og dei første investeringsprosjekta blir førte vidare under NEFCO-fondet for reinare produksjon. Sertifisering av ei mekanisk bedrift etter miljøsertifiseringssystemet ISO 14001 blir ferdigstilt i løpet av 2002, og det blir halde introduksjonsseminar om temaet for fleire russiske bedrifter. Det er gjennomført studiar av overgang til biobrensle og potensialet for energiøkonomisering.
Arbeidsmål 2.2. Gjennom m.a. NEFCO og den Nordiske industribank fremje miljø-investeringer i Nordvest-Russland.
Når det gjeld vern og bruk av naturressursar og biologisk mangfald, har den norskrussiske gruppa for biodiversitet eit koordinert samarbeid med Sverige og Finland om fleire prosjekt i Russland. Delar av dette går inn i arbeidet i Barentsrådet og Arktisk Råd. På kulturminneområdet står objekt på UNESCO-lista, vern og rehabilitering av kultur- og landskapsvernområde i Kenozero og samarbeid om kulturminne i grenseområda sentralt.
Arbeidsmål 2.3. Styrkt samarbeid om vern og forvaltning av Barentshavet.
For Barentshavet vil framtidig utvikling når det gjeld utnytting av naturressursar i russisk farvatn og på russisk sokkel vere viktig. Det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet blir derfor nytta til å sikre at russiske ekspertar deltek i delar av arbeidet med den heilskaplege forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet. Arbeid med å utvikle og etablere eit system for miljøovervaking av radioaktivitet og andre miljøgifter i norsk del av dei nordlege havområda er i gang. Ei norsk-russisk gruppe for oljevernberedskap har samarbeidd om risikovurdering og vurdering av behov for framtidig beredskap knytt til kommande petroleumsaktivitet og petroleumstransport frå norsk og russisk sokkel.
Arbeidsmål 3.1. Påverke utforminga på miljøområdet i ein brei nasjonal prosess og sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte ope og effektivt i det norske lovverket.
EØS-avtala blir stadig meir omfattande ettersom nye rettsakter kjem til i avtala. Avtala sin innverknad for norsk politikk aukar tilsvarande. Den innverknad EØS-avtala har for norsk miljøpolitikk aukar i takt med at det ambisiøse lovgivingsprogrammet i EU blir ferdigstilt. Særleg innanfor forureiningsområdet deltek Noreg aktivt i Kommisjonen sine arbeidsgrupper i medhald av EØS-avtala. Arbeidet er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda.
Regjeringa følgjer kontinuerleg med i utforminga av politikken i Kommisjonen, Rådet og Europaparlamentet og legg til rette for ein brei nasjonal prosess. Det er i EU oppnådd semje om eit 6. miljøhandlingsprogram med 4 hovudsatsingsområde: klima, helse og miljø, biologisk mangfald og berekraftig ressursforvaltning. Hovudtrekka i programmet samsvarer godt med norsk miljøvernpolitikk.
EU har vedteke ein strategi for berekraftig utvikling, som inngår i EU sin såkalla Lisboa-strategi. EFTA-landa har vedteke ein eigen handlingsplan for oppfølging av Lisboa-strategien. Det er ei utfordring å styrkje miljødimensjonen i strategien. Kommisjonen er i ferd med å utarbeide eit regelverk om oljetankskip med dobbelt skrog, og ei rekkje direktiv som skal betre luftkvaliteten, avfallshandteringa og regelverket for kjemikaliar. Forslag om merking og sporing av GMOar, miljøansvar og kvotehandel med drivhusgassar er til behandling i Rådet.
Det er lagt stor vekt på å sikre ei rask og effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som blir sett på som relevante og akseptable. I denne prosessen er det viktig å sikre medverknad frå aktuelle partar. Av aktuelt regelverk kan nemnast: vassressursdirektivet, direktiv om utsetjing av GMOar og direktiv om miljøvurderingar av planar og program.
Arbeidsmål 4.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar blir analyserte og miljøomsyn integrerte i forhandlingane i WTO og i regelverket.
I mandatet for den nye forhandlingsrunden i Verdens Handelsorganisasjon (WTO) har miljø blitt eit eige forhandlingstema og eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde. I tillegg til miljø skal det forhandlast på områda landbruk, tenester og immaterielle eigedomsrettar, marknadstilgang for industriprodukt; inklusive fisk og regelverk (subsidiar og antidumping). Vidare liberalisering og endringar i regelverk vil kunne gi verknader for både miljøtilstanden og val av verkemiddel i miljøvernpolitikken.
Arbeidsmål 5.1. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan fremje ei berekraftig utvikling.
OECD arbeider aktivt for å styrkje den tverrfaglege integreringa av miljøomsyn i organisasjonen si samla verksemd. Berekraftig utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile OECD-området.
OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for dei neste 10 åra som gir målsetjingar for OECD-landa sin miljøpolitikk og nasjonale tiltak for å nå desse. Dei fem overordna målsetjingane er: å halde oppe integriteten i økosystema, kople økonomisk vekst vekk frå forverring av miljøet, bruke indikatorar til å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjerder, betra livskvalitet, og styrkt internasjonal miljøstyring og samarbeid. For kvar av målsetjingane er oppgitt dei viktigaste utfordringane, nasjonale tiltak for å møte utfordringane, og indikatorar til å måle framsteg og forslag til OECD sitt vidare arbeid. Prioriteringane, både i berekraftprosjektet og i miljøvernstrategien, samsvarer godt med norsk miljøvernpolitikk.
Arbeidsmål 5.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på «Miljø for Europa»-prosessen.
I 2002 har Miljøverndepartementet delteke i arbeidsgrupper som førebur den femte «Miljø for Europa»-ministerkonferansen i Kiev i Ukraina i mai 2003. Forutan representantar frå landa, deltek internasjonale finansieringsinstitusjonar og frivillige organisasjonar. I førebuingane til Kiev-konferansen har dei tidlegare sovjetstatane, dei såkalla NIS-landa, høg prioritet. Noreg har derfor i 2002 støtta prosjekt som kan betre drikkevatn og avløp i Kaukasus og Sentral-Asia. Miljøvernministrane i NIS-landa har i 2002 arbeidd med ein miljøstrategi som er venta framlagt i Kiev. Vidare har vi støtta fleire miljøprosjekt på Balkan og i søkjarland til EU. I samband med Regjeringa sin handlingsplan for auka kontakt og samarbeid mellom Noreg og søkjarlanda til EU har ein prioritert prosjekt innan områda vatn- og avløp, miljøleiing, reinare produksjon, kulturminne, biologisk mangfald, avfall, klima og energi i Estland, Litauen, Latvia, Slovakia, Bulgaria og Romania. I 2002 støtta Noreg òg miljøprosjekt i Balkan-statane innan biologisk mangfald, grenseoverskridande miljøsamarbeid, eit NGO-prosjekt om elektronisk miljøinformasjon.
Arbeidsmål 5.3. Medverke til betre organisering av internasjonalt miljøvernsamarbeid, særleg når det gjeld UNEP og CSD, og implementering av internasjonale konvensjonar.
FN sitt miljøvernprogram UNEP har sentrale funksjonar for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar om miljøvernavtaler. Det er i dag brei internasjonal semje om at UNEP må styrkjast. I regi av UNEP har ei ministergruppe i februar 2002 komme med anbefalingar om korleis ein kan styrkje internasjonal forvaltning på miljøområdet. Departementet har spelt ei aktiv rolle ved m.a. å foreslå eit vitskapspanel for UNEP, ein miljøombodsmann for FN og ein strategi for å byggje opp kapasitet innan miljøforvaltning i u-landa. Desse forslaga, og behovet for adekvat og stabil finansiering av UNEP, skal følgjast opp i både UNEP og FN/Commission for Sustainable Development sine prosessar framover.
Arbeidsmål 5.4. Følgje opp resultata frå toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg, gjennom framhalde internasjonalt arbeid og arbeid for konkrete tiltak nasjonalt.
Utanriksdepartementet leide førebuingane til Toppmøtet frå norsk side. Miljøverndepartementet har vore ein aktiv medspelar. Kampen mot fattigdom var det overordna fokus for Toppmøtet. På miljøområdet har departementet lagt vekt på at dei globale miljøavtalene må bli ratifiserte og etterlevde. Andre høgt prioriterte saker på miljøområdet var samanhengen miljø/helse/fattigdom, vass- og sanitærforvaltning, styrking av det internasjonale kjemikalieregimet, tiltak mot luftforureining, internasjonal miljøforvaltning, energi- og havspørsmål. Det sivile samfunn, under dette dei frivillige organisasjonane, har vore konsulterte jamleg i førebuingsprosessen, m.a. gjennom møte i Nasjonalkomiteen for internasjonale miljøspørsmål, leidd av miljøvernministeren. Departementet har vore aktivt i førebuingane til toppmøtet på både nasjonalt, nordisk og internasjonalt nivå. Som formannsland i Nordisk Ministerråd har Noreg hatt ansvar for å leie arbeidet knytt til profilering av nordisk samarbeid for berekraftig utvikling under sjølve toppmøtet, og spesielt oppfølging av den nordiske strategien for berekraftig utvikling. Eit forslag til internasjonal handlingsplan for oppfølging av Agenda 21 og ein politisk resolusjon vart vedtekne i Johannesburg. Noreg og Miljøverndepartementet har i ulike internasjonale fora teke sterkt til orde for at desse dokumenta må bli så handlingsretta og forpliktande som mogleg.
På nasjonalt plan er Noreg forplikta til å ha ein nasjonal strategi for berekraftig utvikling. Ansvaret er lagt til Utanriksdepartementet, men Miljøverndepartementet har spela ei viktig rolle i utarbeiding av strategien, og vil framover arbeide med den vidare oppfølginga. Miljøverndepartementet har òg hatt ansvar for å sikre offentleg tilgjenge til informasjon om Toppmøtet og førebuingane til dette. Det er satsa på bruk av Internett som miljøeffektiv kommunikasjonskanal - både for spreiing av informasjon og innsamling av forslag og idear.
Arbeidsmål 5.5. Arbeide for at aktiviteter under UNEP, CSD, GEF og andre relevante internasjonale organisasjoner bidrar til å løse viktige globale miljøspørsmål.
Nytt arbeidsmål for 2003. Blir rapportert i 2004-budsjettet.
Arbeidsmål 6.1 Arbeide for å vidareutvikle og følgje opp det bilaterale miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og respektive Indonesia, Kina, Sør-Afrika og andre sentrale samarbeidsland.
Den andre programperioden (2000-2004) i miljøvernsamarbeidet mellom Noreg og Sør-Afrika er komme godt i gang, og dei fleste miljøprosjekta er no under implementering. Strategiske konsultasjonar mellom dei to miljøverndepartementa både på politisk og administrativt nivå inngår som ein viktig del av avtala.
I 2001 underteikna Indonesia og Noreg eit «Letter of Intent» om å føre vidare miljøvernsamarbeidet i 2001-2004. I 2002 vart ramma for samarbeidet ytterlegare utvida. Samarbeidet vil no vere eit «partnarskap» slik Toppmøtet i Johannesburg definerer det og oppmodar til.
Mellom Kina og Noreg har det vore ein tett miljøpolitisk dialog om det internasjonale miljøvernarbeidet. Vidare omfattar det bilateralt samarbeidet institusjons- og kapasitetsbygging, kulturminnevern, miljøinformasjon og luft- og vassforureining.
Arbeidsmål 6.2. Arbeide for å vidareutvikle miljøforvaltninga sine fagsenter for miljøbistand.
NORAD har inngått rammeavtaler med 7 miljøfagsenter, under dette Miljøverndepartementet, Statens forureiningstilsyn, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Statens Kartverk. Fagsentra skal vere ein kompetansebase for NORAD innan miljøbistand, og skal stille til rådvelde sin fagkompetanse innanfor dei fagområde og arbeidsfelt dei er ansvarlege for i statsforvaltninga. Fagsentra arbeider òg for å etablere eit nærare institusjonelt samarbeid med søsterorganisasjonar i utviklingsland. Alle miljøfagsentra har i 2002 utført oppdrag for NORAD.
Verkemiddel
Resultatområde 8 - underområda internasjonalt miljøvernsamarbeid, miljøvern i polarområda og radioaktiv forureining blir hovudsakleg finansiert over kap. 1400, 1410 og 1471.
For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig både på embetsmanns- og ekspertplan for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve til å påverke det internasjonale regelverket i ei grad som ville vore vanskeleg for Noreg aleine.
På EU/EØS-området er møte med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd og nordiske «frukostmøte» i framkant av miljøvernministermøta i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan. Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG) og i ca. 30 ekspertgrupper på miljøområdet. Miljøverndepartementet har lånt ut ein person til det svenske miljøverndepartementet for å styrkje kontakten med miljøarbeidet i EU. På nasjonalt plan blir det halde informasjonsmøte med frivillige organisasjonar og partane i arbeidslivet, og relevante saker blir sende på høyring til aktuelle partar. Det blir arbeidd med å betre tilgangen til informasjon for eksterne aktørar og auka deltaking i dei førebuande EU/EØS-prosessane.
Utvikling av nye uformelle kanalar for å halde oppe ein sterk innverknad på utforming av ny politikk i EU er eit viktig verkemiddel frå norsk side. Då Europaparlamentet har fått auka makt og innverknad i EU sine avgjerdsprosessar, vil det bli lagt vekt på å auke kontakten og dermed høvet til å øve innverknad overfor Europaparlamentet i saker der Noreg har spesielle interesser og der Noreg har noko å medverke med i europeisk samanheng. Klimaområdet og område der Noreg har eit regelverk som tek meir omsyn til helse, miljø og tryggleik (f.eks. kjemikaliefeltet og genteknologi) vil bli prioriterte i kontakten med EU.
Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCO sitt miljøutviklingsfond , Handlingsplanen for kandidatlanda til EU og miljøprosjekt på Balkan og i dei tidlegare sovjetstatane blir finansierte over Utanriksdepartementet sitt budsjett. Årleg løyving til NEFCO sin grunnkapital er delt mellom Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet. Noreg stiller til rådvelde eit tilskot på inntil 270 mill. kr som blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar med resterande i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill. USD i tilskot. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet.
Miljøverndepartementet sitt viktigaste verkemiddel i samarbeidet med Russland er den bilaterale miljøkommisjonen, som er leidd på politisk nivå. Informasjon i nordområda er eit viktig verkemiddel for Barentssamarbeidet. Dette blir i all hovudsak ivareteke av Svanhovd miljøsenter.
Det vil vere spesielt viktig at det vidare arbeidet innan OECD med berekraftig utvikling, og oppfølging av miljøstrategien, reflekterer resultata frå Toppmøtet i Johannesburg, og korleis OECD kan medverke til å fremje desse. Det vidare arbeidet i OECD med fråkopling av miljøpåverknad frå økonomisk vekst er viktig i denne samanhengen.
Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i landa i Sentral-, Søraust og Aust-Europa er ei prioritert oppgåve for å kunne oppnå miljøforbetringar.
For å demokratisere avgjerdsprosessar støttar vi deltaking frå frivillige organisasjonar på «Miljø for Europa»-ministerkonferansen i Kiev i mai 2003. Noreg har ei sentral rolle som medlem av styret for Kiev-konferansen der oppfølging av eksisterande regionale konvensjonar vil stå sentralt. Informasjon vil vere eit viktig verkemiddel både før, under og etter konferansen.
Noreg vil medverke aktivt både i forhold til forhandlingsmøte i WTO og i samband med alliansebygging, for å få til ei tilfredsstillande forhandlingsløysing som sikrar fleksibilitet for verkemiddelbruk i miljøvernpolitikken, og som vidare sikrar at miljøvernavtalene ikkje blir underordna WTO-regelverket. Noreg vil vidare vere aktiv i arbeidet med å integrere miljøomsyn i WTO-forhandlingane og i handelsregelverket, for å sikre at handelssystemet medverkar til berekraftig utvikling. Vurderingar av miljøkonsekvensar vil vere eit viktig verkemiddel i denne samanhengen.
Regjeringa vil medverke til at miljøbistand for m.a. implementering av miljøkonvensjonar blir styrkt i Verdsbanken, UNESCO, UNEP, UNDP, WHO og andre.
Regjeringa vil følgje opp vidareføringa i UNEP av arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet, m.a. gjennom å følgje opp vedtaka frå Ministermøtet i Cartagena i februar 2002 og handlingsplanen frå Johannesburg i september 2002, der ein skal komme fram til tiltak for å styrkje den internasjonale miljøforvaltninga. I denne samanhengen vil ein særleg leggje vekt på å utvikle mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming til miljøvern, m.a. gjennom vidare å styrkje UNEP si rolle som sentral FN-autoritet innan miljøspørsmål inklusive styrkt og meir planmessig finansiering, styrking av UNEP si koordineringsrolle overfor miljøkonvensjonane og betre koordinering mellom dei ulike konvensjonane på miljøområdet.
Regjeringa vil arbeide for at CSD blir ein global møteplass der landa - i samarbeid med private aktørar - utviklar globalt politisk engasjement for å møte framtida sine utfordringar i arbeidet med berekraftig utvikling. Regjeringa vil arbeide for ein meir målretta kommisjon og om nødvendig for å endre CSD sitt arbeidsprogram og -metodar.
Det globale miljøfondet (Global Environment Facility: GEF) finansierer dei globale miljøavtalene. GEF vart oppretta for å dekkje tilleggskostnadene ved tiltak som gir globale miljøfordelar innanfor områda vern av biologisk mangfald, klima, ozon, internasjonale vasspørsmål og, i den grad dette heng saman med dei 4 hovudformåla, ørkenspreiing. For inneverande fireårsperiode disponerer GEF ca. 2.7 mrd. USD. Fondet har nyleg vedteke retningslinjer for bruk av midlar til støtte for den globale miljøgiftavtala (POP-avtala) og det vil òg bli opna for å innlemme miljøgifter, og jorderosjon og avskoging som nye hovudformål.
Miljøverndepartementet medverkar på ulike måtar til å styrkje miljøintegrasjonen i det norske utviklingssamarbeidet. Utanriksdepartementet sitt dokument om Utvikling, fattigdom og miljø: Miljøpolitiske prioriteringar 2001-2005 gir føringar for implementering av strategien. Regjeringa sin handlingsplan for kampen mot fattigdom i sør mot 2015 - «Kamp mot fattigdom» utgjer ei overordna tilnærming til korleis vi kan medverke til å realisere FN sine milleniumsmål. Vidare er miljøfagsentra sentrale miljørådgivarar for NORAD og samarbeidspartnarar i fleire utviklingsland. Utvekslingsordninga mellom NORAD og miljøforvaltninga (1999-2002) har ført til ei gjensidig styrking av den bistands- og miljøfaglege forståinga i organisasjonane.
15.2 Miljøvern i polarområda
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med alle miljøutfordringane på Svalbard, Jan Mayen og i Barentshavet, og dei norske bilanda i Antarktis og Antarktis-samarbeidet.
Strategiske mål
Dei store, samanhengande villmarksområda på Svalbard og i Antarktis skal saman med kulturminna sikrast mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetnadene skal drivast på ein miljøforsvarleg måte for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide for at Barentshavet blir teke vare på som eitt av dei reinaste havområda i verda, og at ressursutnyttinga går føre seg innanfor rammer som sikrar at det biologiske mangfaldet blir halde oppe på kort og lang sikt.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 15.2 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Miljøvern i polarområda
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
7. Utnytting av ressursane i Barentshavet skal ikkje føre til at arter eller bestandar blir truga eller utrydda. | 7.1. Styrkje kunnskapen om dei marine økosystema og medverke til utviklinga av forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet. | - Forskings- og registreringsprosjekt som er sette i gang. - Framlagde resultat/ publikasjonar. - Storleiken på utvalde marine bestandar og uttak i forhold til kvoteanbefalingane frå ICES. |
8. Bestandar av arter som i dag er rekna som truga eller på annan måte negativt påverka av arealbruk, hausting og/eller forureining skal takast vare på og om mogleg byggjast opp att. | 8.1. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter. | - Bestandsstatus for utvalde arter. - Talet på arter som har endra status på raudlista for Svalbard og Jan Mayen. |
9. Omfanget av samanhengande villmarksområde på Svalbard skal søkjast oppretthalde. Eit representativt utval av natur på Svalbard skal sikrast mot vesentlege inngrep og påverknad gjennom særskilde vernevedtak innan år 2002. Viktige marine naturverdiar rundt Svalbard skal sikrast. | 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda. | - Omfanget av urørt villmark på Svalbard. - Fråvær av gjennomgåande «linjeinngrep». - Områdevernet sin representativitet og vernestatus. - Talet på verneområde der vernevedtektene er oppgradert. - Omfanget av område med vernestatus. - Iverksette verne- og forvaltningstiltak i marine område innan år 2005. |
10. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard og Jan Mayen skal søkjast bevart som eit vitskapeleg kjeldemateriale og eit grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 % årleg. | 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljøet. | - Talet på og omfang av registrerte kulturminne og kulturmiljø. - Gjennomsnittleg, årleg tap av kulturminne i %. - Gjennomføring av tiltak i medhald av kulturminneplanen for Svalbard og miljøhandlingsplanen for Jan Mayen innan respektive 2002 og 2005. |
11. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjonen eller forstyrre dyrelivet. Høva til å oppleve naturen uforstyrra av motorisert ferdsel skal sikrast òg i område som er lett tilgjengelege frå busetnadene. | 11.1. Styre ferdsla på Svalbard. | - Omfanget av motorisert ferdsel på Svalbard. - Geografisk utstrekning av snøskuterfrie område. - Ferdselsslitasje i utvalde område. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 7.1. Styrkje kunnskapen om dei marine økosystema og medverke til utviklinga av forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet.
Departementet starta i 2001 eit nytt forskingsprogram i regi av NFR spesielt retta mot effektane av klimaendringane på økosystema i havområda i nord. Programmet gjekk i 2002 inn som ein del av ei fellessatsing på tvers av fleire program der målsetjinga m.a. er å framskaffe ny kunnskap om økologiske konsekvensar av klimaendringar i polare randhavsområde og på Svalbard. Departementet starta i 2002 òg arbeidet med ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet.
Arbeidsmål 8.1. Avgrense den menneskelege påverknaden på bestandsutviklinga hos utvalde arter.
Ei rekkje tiltak er sette i verk, inkludert vern av område og arter, og dette har medverka til at naturmiljøet er godt bevart, og til at ei rekkje dyrebestandar som tidlegare var truga som følgje av for sterk utnytting, i dag er restituerte eller i vekst, som m.a. svalbardrein, kvalross og isbjørn.
Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor verneområda.
I behandlinga av St.meld. nr. 22 (1994-95) Om miljøvern på Svalbard uttalte Stortinget at dei etablerte verneområda på Svalbard i lita grad omfattar dei delane av øygruppa som har biologisk produksjon. Regjeringa vart beden om å leggje fram forslag til nye verneområde på Svalbard der viktige landområde med biologisk produksjon blir sikra vern.
Regjeringa vil i 2002 leggje fram eit forslag til verneplan som omfattar følgjande nye verneområde med føreslåtte namn:
Nordenskiöld Land nasjonalpark
Sassendalen - Bünsow Land nasjonalpark
Nordre Isfjorden nasjonalpark
Vardeborgsletta geotopverneområde
Colesdalen biotopverneområde
Hopen naturreservat
Til saman utgjer dette eit landareal på 4.492 km2, eller ca. 7 % av øygruppa sitt landareal. I tillegg kjem eit marint areal på 1.831 km2. To område med planteartsfreding frå 1932 dekkjer i dag eit areal på 2.504 km2. 1.363 km2 av dette inngår i dei nye verneforslaga, mens vernet blir oppheva for 1.141 km2. Nytt landareal som er foreslått freda utgjer dermed i realiteten 3.129 km2.
Verneføresegnene vil variere noko frå område til område. Dei viktigaste føresegnene er forbod mot terrenginngrep (oppføring av bygningar/anlegg, boring, sprenging, uttak av mineral/oljer m.m.) og forbod mot bruk av motorkøyretøy på bar eller tint mark. Det blir samtidig lagt opp til at ikkje-motorisert ferdsel, jakt, fiske og fangst, snøskuterkøyring på frosen snødekt mark og bruk og vedlikehald av eksisterande anlegg og hytter kan skje i samsvar med regelverket elles.
Med dei seks nye verneområda vil ca. 64 % av landarealet på Svalbard vere sikra som naturreservat, nasjonalparkar, geotop- eller biotopverneområde. Eigne verneforskrifter for dei nye verneområda vil bli gitt i medhald av den nye miljøvernlova for Svalbard som trådde i kraft 01.07.02.
Bjørnøya vart i statsråd 16.08.02 verna som naturreservat. Naturreservatet omfattar Bjørnøya inklusive dei marine områda ut til fire nautiske mil, og dekkjer 177 km2 landareal og 605 km2 av havområda.
Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader på og bevare kulturminne og kulturmiljø ved gjennomføring av tiltak.
Det er ein sterke auke i talet på landstigingsplassar for cruiseturismen. Kystcruise med mindre og middelstore båtar står for hovuddelen av denne auken, og at det geografiske området blir utvida austover og sørover på øygruppa. Ein kjenner så langt ikkje til effektane av dette, men det er grunn til å tru at ein del kulturminne er utsette.
Det er sett i verk overvaking av slitasje på kulturminne, og det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne som sto i fare for å bli øydelagde m.a. på grunn av aukande ferdsel og av erosjon i strandsona. Det er òg sett i verk utvida vern av gravfeltet i Magdalenfjorden som er sterkt utsett for slitasje.
Arbeidsmål 11.1. Avgrense og styre ferdsla på Svalbard.
All transport og motorisert ferdsle utanfor busetjingane på Svalbard føregår anten med båt, luftfartøy eller terrenggåande køyretøy, og denne ferdsla har auka dei seinare åra. Dette skuldast hovudsakleg ein kraftig auke i turismen og talet på tilreisande til Svalbard, men det har òg samanheng med eit aukande aktivitetsnivå innanfor industriell verksemd, forvaltning og forsking. Dei fastbuande sin bruk av motoriserte køyretøy til fritidsføremål er truleg forholdsvis stabil.
Ein aukande straum av tilreisande har gitt ein rask vekst i snøskutertrafikken. Denne trafikken føregår særleg i område som er lett tilgjengelege frå Longyearbyen. Trafikken fører til forstyrring av dyrelivet, terrengslitasje og redusert tilgang til friluftsliv og naturoppleving usjenert av motorisert ferdsle og støy. Den oversjøiske cruisetrafikken har òg vist ein markert auke på 90-talet.
Det er trådd i kraft eiga forskrift som regulerer ferdsla slik at denne ikkje reduserer omfanget og kvaliteten på villmarksområda. Det er òg lagt vekt på å sikre at ferdsle i dei villmarksprega områda i dag ikkje øydelegg eller reduserer kulturminna på lenger sikt. Det er sett i gang overvaking av den motoriserte ferdsla.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern i nordområda, blir dekt over Norsk Polarinstitutt si budsjettramme, jf. kap. 1471, men òg kap. 1400 inneheld budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet i 2003.
Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard er eit uttømmande og strengt regelverk som set klare rammer for all verksemd på øygruppa, og eit effektivt apparat for handheving som kan oppdage og straffeforfølgje brot på regelverket. Ei ny miljøvernlov for Svalbard med tilhøyrande forskrifter trådde i kraft 1. juli 2002. Lova set miljøvise rammevilkår for all aktivitet på øygruppa og er i tråd med den rett og plikt Noreg har etter Svalbardtraktaten til å gi miljøvernreglar. Lova vil i tråd med traktaten bli brukt og handheva likt overfor borgarar og selskap frå alle traktatpartar.
Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak gjennom m.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ).
Omsynet til miljøet i polarområda er innarbeidd i dei sektorvise miljøhandlingsplanane i dei ulike departementa, med særleg vekt på fiskeriaktivitet, industrielle verksemder, turisme og forsking.
Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare territorium på ein økologisk forsvarleg måte. Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet i polarområda.
Viktig ny kunnskap blir innhenta gjennom forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og NFR.
Eit internasjonalt samarbeid for å verne trekkjande arter og hindre langtransportert forureining er òg eit viktig verkemiddel.
Vidare er informasjon eit verkemiddel for å spreie kunnskap om Regjeringa sin miljøpolitikk for Svalbard.
15.3 Radioaktiv forureining
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet. Internasjonalt går dette arbeidet føre seg m.a. i regi av Londonkonvensjonen og Oslo- og Paris-konvensjonane, og gjennom felles innsats for å løyse atomproblema i Nordvest-Russland. Strålevern og helseverknader av radioaktiv forureining ligg under Sosial- og helsedepartementet sitt ansvarsområde.
Strategiske mål
Noreg skal medverke til å redusere utslepp og risiko for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining av norsk miljø.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Tabell 15.3 Mål- og indikatortabell for resultatområde 8 underområde Radioaktiv forureining
Nasjonale mål | Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|---|
12. Samarbeidet med Russland skal medverke til å redusere risikoen for radioaktiv forureining av norske land- og sjøområde for å unngå moglege konsekvensar for helse, miljø og næringsverksemd. | 12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde. | - Gjennomførte felles norsk-russiske seminar/kurs om utgreiing av miljøkonsekvensar. - Gjennomførte tryggingstiltak. Atomtryggleiks- og avfallssituasjonen i Nordvest-Russland. Status og planar for transport av radioaktivt materiale langs norskekysten. |
13. Noreg skal arbeide for at utsleppa av radioaktive stoff frå reprosesseringsanlegg i våre nærområde skal reduserast monaleg. | 13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora. | - Resultat frå overvakings-programmet. - Reduksjon av utslepp frå Sellafield. |
14. Utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder skal avgrensast til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet. | 14.1. Kartleggje kjeldene og avgrense utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet. | Samla utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.
I 2001 er det ferdigstilt ein rapport som samanliknar systemet for analysar av miljøkonsekvensar ved prosjekt som kan føre til radioaktiv forureining i Russland, Noreg og andre vestlege land. Materialet vil bli brukt ved utarbeiding av konsekvensanalysar for atomoppryddingsprosjekt i Nordvest-Russland.
Ei norsk/russisk konsekvensvurdering av ulykkesscenarium ved atomanlegga i Majak er under sluttføring. Første fase av målingar av radioaktivitet i det marine miljø ved reinseanlegget RTP Atomflot i Murmansk er fullført. Vidare arbeid er innstilt i påvente av at anlegget blir ferdigstilt. Vurdering av radioaktiv forureining av elva Jenisej frå atomanlegget i Krasnojarsk og mogleg påverknad av dei nordlege havområda er sett i gang. Prosjektet som vurderer landområde som er særleg sårbare for radioaktiv forureining ved ei atomulykke ved atomkraftverket på Kola er under sluttføring, mens arbeidet med ei felles russisk-norsk automatisk målenettverk i Murmansk-regionen held fram. Eit norsk forslag til overvakingsprogram for radioaktivitet i nordlege havområde er utarbeidd og godt motteke av russiske ekspertar.
Den russiske presidenten underteikna i 2001 ei lov som tillet import av brukt kjernebrensel til Russland. Dette kan medføre transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall mellom europeiske reprosesseringsanlegg og kjernekraftverk i Japan via den nordlege sjøruta og norske farvatn. Noreg vil markere overfor involverte land at slike transportar er sterkt uønskte, og arbeide for at det internasjonale regelverket om transport av radioaktivt avfall blir styrkt. I påvente av dette blir det arbeidd med bilaterale avtaler om notifikasjon av slik transport, m.a. med Russland.
Arbeidsmål 13.1. Arbeide for reduksjon og stans i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor relevante internasjonale fora.
Dei totale utsleppa av radioaktive stoff til det marine miljø er vesentleg reduserte i forhold til tidlegare. Reprosesseringsanlegget i Sellafield i England har likevel sidan 1994 sleppt ut store mengder av det radioaktive stoffet Technetium-99 og som seinare er målt i tang og hummar langs norskekysten. Noreg har lagt stort press på britiske styresmakter og oppmoda til å redusere utsleppa. Trykket på britiske styresmakter når det gjeld Sellafield vil bli halde oppe til utsleppa er monaleg reduserte.
Arbeidsmål 14.1. Kartleggje kjeldene og avgrense utsleppa til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining vil norske styresmakter halde seg løpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. Dette arbeidet har så langt vore fokusert på utslepp frå dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller, og forbruk av opne radioaktive kjelder ved sjukehus, oljeindustri og forskingsaktivitet. Overvakingsprogrammet vil bli ført vidare og styrkt i 2003, mellom anna for å få betre oversikt over utslepp av naturlige radioaktive stoff frå oljeindustrien.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 8, underområde radioaktiv forureining, er i hovudsak dekt over kap. 1410, mens det òg på kap. 1400 er sett av midlar til dette underområdet. Finansieringa på kap. 1410 dekkjer m.a. ei vidareføring av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeidet med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 - Tilskot til atomtryggleikstiltak og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementet sitt budsjett.
Gjennom ein samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet ved Statens strålevern, vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet på området radioaktiv forureining av miljøet. Dette gir tryggleik for at Miljøverndepartementet sine noverande og framtidige plikter på dette området vil bli ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Miljøverndepartementet sitt behov for slik ekspertise vil truleg auke i åra framover m.a. som følgje av aukande fokus på utsleppa frå Sellafield og planar om transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining. Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er aukande satsing på forsking av moglege effektar på naturmiljøet som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.
Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans på området hovudansvar for informasjonsarbeidet.
Departementet har styrkt rammeoverføringa til Statens Strålevern i samsvar med aukande arbeidsoppgåver på miljøområdet i etaten. Innanfor dette ligg òg ei styrking av målenettverket for UV-stråling.
16 Resultatområde 9: Regional planlegging
Definisjon og avgrensing
Programområdet omfattar planlegging og utgreiing etter føresegnene om planlegging og konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Verksemda er kjenneteikna av at planlegginga skal vere eit sentralt verkemiddel for å fremje og sikre den utviklinga som kommunane og fylka ønskjer, både fysisk og økonomisk, sosialt og kulturelt. Samtidig skal planlegginga ivareta dei nasjonale og regionale interessene som m.a. ligg i å sikre ei berekraftig arealforvaltning. Planlegginga må derfor vere sektorovergripande. Ansvaret for planlegginga ligg i hovudsak til kommunestyra og fylkestinga, men skal skje i nært samråd med statlege fagstyresmakter, organisasjonar og innbyggjarar. Miljøverndepartementet er statleg planstyresmakt etter lova og har som oppgåve, i samarbeid med andre departement, å utvikle og formidle nasjonale mål for planlegginga i fylke og kommunar, arbeide med lov og forskrifter, behandle enkeltsaker og sikre riktig bruk av lov og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.
Strategiske mål
Den regionale planlegginga skal medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levekår for ulike grupper innanfor dei rammer som ei berekraftig utvikling set. Ei opa haldning, innsyn og deltaking blir lagt vekt på i planprosessane. Det er ei hovudutfordring framover å leggje til rette for at dei ulike sektorane tek plan- og bygningslova i aktiv bruk både på det kommunale og regionale nivået.
Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Forvaltninga av plandelen i plan- og bygningslova er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.
Tabell 16.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 9 Regional planlegging
Nasjonale resultatmål | Resultatindikatorar |
---|---|
1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor kommunen sine område. | - Talet på kommunar med ny/revidert kommuneplan i siste kommunevalperiode. |
2. Kommunal arealplanlegging skal skje innanfor rammene for nasjonal politikk, slik den kjem til uttrykk m.a. i St.meld. nr. 29 (1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk, med særleg vekt på rikspolitiske retningslinjer. | - Departementet si politikkformidling retta mot fylke/kommunar - Talet på og typar motsegnsaker avgjort av departementet og endringar gjort av eigengodkjende planar. |
3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling. | - Talet på godkjende planar der det ikkje er vesentleg avvik i forhold til nasjonal politikk. - Avvik mellom mål og strategiar i kommune- og fylkesplan. - Talet på fylke der regionalt utviklingsprogram (RUP) er integrert i fylkesplanen sitt handlingsprogram. |
4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene. | - Talet på godkjende fylkesplanar og delplanar med konkrete retningslinjer for areal- og naturressursar. - Talet på godkjende fylkesplanar og delplanar med retningslinjer for senterstruktur og varehandel. |
5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring. | - Tilgjenge til opplæring og vegleiing for alle viktige aktørar. - Framdrifta i oppfølginga av planlovutvalet sitt arbeid. - Talet på besøk på MD sine planrelaterte internettsider. |
6. Alle viktige vedtak skal byggje på kunnskap om konsekvensar for miljø og samfunn. | - Kjennskap til regelverk om konsekvensutgreiingar hos relevante aktørar. - Talet på vedtak som eksplisitt viser til KU-prosess og dokumenterte konsekvensar. - Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for KU-saker som er innanfor dei rammer forskrifta set. - Talet på planprosessar som er gjennomført i samsvar med anbefalte kvalitetskrav til planlegginga etter plan og bygningslova. - Talet på miljøutgreiingar etter utgreiingsinstruksen. |
Statusbeskriving
Formålet med regional planlegging er å samordne den offentlege innsatsen mellom forvaltningsnivå, sektorar og næringar. Behovet for slik planlegging er spesielt tydeleg når utfordringar i samfunnsutviklinga krev at tiltaka blir sette inn i ein annan sektor enn den som vil ha mest nytte av dei. Interessa for og vitaliteten i regionale planprosessar føreset at fylkesting og kommunestyre har eit handlingsrom som gjer det meiningsfullt å planleggje.
Resultatmål 1. Planlegginga i kommunane skal samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor kommunen sitt område.
Kravet om ei berekraftig utvikling, effektiv næringsutvikling, demokrati og betre samordning av samfunnsutviklinga, forsterkar kravet til kommuneplanen som strategisk plan for utvikling av kommunen. Dei fleste departement stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante sentrale plankrav utan nødvendigvis å måtte lage eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyn. Lokal Agenda 21 gir nye perspektiv og arbeidsformer som er relevante for kommunal planlegging. Mange kommunar driv eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. Miljøverndepartementet medverkar òg, gjennom prosjekt og samarbeid med enkeltkommunar, til å styrkje kommuneplanprosessane. Prosjekta omfattar m.a. tilbod om etterutdanning i prosesskompetanse og utvikling av ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling.
Miljøverndepartementet samarbeider med fleire departement og Kommunanes Sentralforbund om å organisere læring frå utviklingsarbeida. I samband med lovutviklinga er samarbeidet no særleg retta inn mot å utvikle ein strategi for kompetanseutvikling i den kommunale planlegginga. I dette arbeidet er regional forvaltning, organisasjonar og FoU-miljø òg viktige samarbeidspartar.
Dei fleste kommunane har vedteke eigen arealdel til kommuneplanen og reviderer denne med jamne mellomrom. Mange kommunar har òg utvikla ein aktiv bruk av kommunedelplanar for enkelte tema eller geografiske område i kommunen. Departementet arbeider med å få fram system for betre planlegging og tilgang på planinformasjon. Tilgang på informasjon om lokale planar på internett er viktig for publikum.
Ved gjennomføring av større byggje- og anleggsarbeid, og ved nærare avklaring av arealbruken i område som er avsette til utbygging i følgje kommuneplanen, blir det utarbeidd reguleringsplanar. På dette området legg ein m.a. vekt på å ta i bruk IKT-baserte verktøy med sikte på ei meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet om etablering av prosjektet Byggsøk, som går ut på å leggje til rette for elektronisk saksbehandling i plan- og byggjesaker. Dette vil gjere det enklare både for publikum, planleggjarar, tiltakshavarar og saksbehandlarar å få ei raskast mogleg saksavvikling, pga. at dokument er lagt betre til rette og kan sendast raskare mellom aktørane.
Resultatmål 2. Kommunal arealplanlegging skal skje innanfor rammene for nasjonal politikk.
Integrering av berekraftperspektivet i kommunal planlegging krev samarbeid på tvers av sektorane og formidling av nasjonale og regionale mål tidleg i planprosessane. Fylkeskommunen har vegleiingsplikt. Fylkesmannen og Miljøverndepartementet har tilsynsmynde.
I det store fleirtalet av plansaker blir det oppnådd semje lokalt og planane blir eigengodkjende av kommunestyret, noko som viser at plansystemet fungerer som føresett. Miljøverndepartementet behandlar berre dei planane der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statlege fagstyresmakter (motsegnsaker). I 2001 fatta departementet vedtak i 31 slike saker og vedtok ein statleg plan. I 44 % av sakene vart motsegnene tekne til følgje, mens kommunen fikk heilt eller delvis medhald i 56 % av sakene. I saker der kommunen sitt vedtak blir overprøvd er føresetnaden at fylkeskommunen eller staten sitt standpunkt har forankring i viktige regionale eller nasjonale interesser. Gjennom departementet sine avgjersler i desse sakene blir gjeldande arealpolitikk konkretisert og formidla.
Undersøkingar viser at byggjeverksemda i 100-metersbeltet, særleg i Oslofjord-området, er meir omfattande enn tidlegare. Utviklinga er behandla av Stortinget våren 2002 i samband med St.meld. nr. 39 (2001-2002) og Riksrevisjonens Dok. nr. 3:7 (2001-2002). Miljøverndepartementet vil, i samsvar med oppmoding frå Stortinget, komme med ei ny orientering om situasjonen innan utgangen av 2003. Plan- og dispensasjonspraksisen i 100-metersbeltet langs sjøen er skjerpa, seinast ved Miljøverndepartementet sitt brev 8. mars 2002. Det er frå år 2000 innført eit rapporteringssystem for dispensasjonssaker, og det er etablert eit eige kystsonenettverk for fylka i pressområda. I Agder-fylka er det sett i gang arbeid med å utarbeide forslag til rikspolitiske retningslinjer for kystområda, m.a. med utgangspunkt i dei som gjeld for Oslofjord-området. For at kommunane skal ha eit best mogleg informasjonsgrunnlag i si forvaltning av strandsona blir det arbeidd vidare med utvikling av digitale verktøy som kommunane kan nytte i saksbehandling og avgjerdsprosess.
Hyttebygginga i fjellområda skaper òg mange utfordringar. Dette gjeld m.a. forholdet til areal- og energibruk, friluftsliv og allemannsrett, natur- og dyreliv, byggjeskikk, lokal næringsutvikling og omsyn til landskapet. Det ligg føre planar for omfattande hyttebygging i mange fjellområde. I mange kommunar er private hytter ein viktig del av utviklinga av reiselivet og fritidsretta næringsutvikling. Departementet meiner det er behov for å utvikle ein miljøtilpassa hyttepolitikk og vil arbeide vidare med dette i samarbeid med lokale og regionale styresmakter.
Miljøverndepartementet la våren 2002 fram ei stortingsmelding om betre miljø i byar og tettstader. Meldinga vart behandla av Stortinget i juni. I oppfølginga av meldinga er det lagt vekt på at samorda areal- og transportplanar for byområda skal stå sentralt ved prioriteringar i Nasjonal transportplan og i andre vedtak om lokalisering og ressursbruk sentralt og lokalt. Det vil bli arbeidd vidare med å betre verkemidla for byomforming i samarbeid med interesserte pilotkommunar. Byar og tettstader vil òg bli inviterte til å utvikle område eller såkalla miljøsoner der ein prioriterer reinare luft, mindre støy, trafikktryggleik, tilgjenge for alle, grøntområde eller kulturminne. Føremålet er å sjå ulike miljøutfordringar samla innanfor eit område. Staten vil samarbeide med lokale styresmakter og medverke med dei verkemidla som er nødvendige. Det blir lagt stor vekt på dialog og samarbeid også med næringslivet. Eit eige program for å utvikle attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta vil bli ført vidare. I programmet blir offentlege verkemiddel samkøyrde med private ressursar for å få størst mogleg effekt og skape gode nettverk.
Som ein del av gjennomføringa av Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma, jf. St.meld. nr. 8 (1998-99), har Miljøverndepartementet gjennomført eit fireårig utviklingsprogram i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet. Føremålet med satsinga er å gjere omsynet til funksjonshemma i all planlegging etter plan- og bygningslova tydeleg, med særleg fokus på å betre tilgjenget for alle i det fysiske utemiljøet Utviklingsprogrammet er evaluert og viser at kunnskapen om betre tilrettelegging for funksjonshemma er blitt monaleg styrkt i løpet av programperioden.
Miljøverndepartementet har no fått ansvar for å utvikle og formidle eit eige Handlingsprogram for universell utforming der fleire aktuelle departement deltek. Departementet vil byggje vidare på dei erfaringane som er gjort i samband med Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma. Medverknad frå dei funksjonshemma sine interesseorganisasjonar er framleis eit viktig element. Strategien i programmet legg avgjerande vekt på at omsynet til funksjonshemma i fysisk utforming skal styrkjast ved utvikling og bruk av løysingar med gode funksjonelle kvalitetar. Programmet vil i første fase bli spesielt innretta mot statlege etatar og verkemiddel.
Resultatmål 3. Fylkesplanlegginga skal samordne staten, fylkeskommunane og hovudtrekka i kommunane si fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemd retta inn mot regional utvikling.
Hovudansvaret for fylkesplanlegginga ligg hos fylkeskommunane. Fylkesplanen skal vere eit felles regionalt plandokument og planprosessane må bere preg av partnarskap, slik at kommunar og stat får eigarskap til planen. Dette føreset ein gjennomgang av reglar og rutinar for å sikre betre medverknad i fylkesplanprosessen. Gjennom plan- og godkjenningsprosessen skal partane forplikte seg til å følgje opp og gjennomføre godkjent fylkesplan, kvar på sine ansvarsområde. Når planane blir sende inn til sentral godkjenning, skal ein frå regionalt hald gjere tydeleg kva ein ventar at regjeringa skal ta stilling til. I 2001 vart det godkjent 8 fylkesplanar og 21 fylkesdelplanar. Erfaringane frå dei godkjende fylkes- og fylkesdelplanane er så langt at:
samarbeidet på regionalt nivå fungerer breitt og godt
det er eit problem at den sentrale godkjenningsbehandlinga gir for lite konkret tilbakemelding i forhold til dei spesifikke regionale grepa i planen og dei problemstillingane som blir melde inn ved oversendinga
saksbehandlinga tek for lang tid, sjølv om den har blitt merkbart redusert
I St.meld. nr. 19 (2001-2002) - Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå - legg Regjeringa til grunn at fylkesplanlegginga skal halde fram etter det regelverket som gjeld i dag. Meldinga vart behandla av Stortinget i juni. Etter dette står ordninga med sentral godkjenning av fylkes- og fylkesdelplanar ved lag. Spørsmålet om endringar i regelverket om fylkesplanlegging vil bli teke opp når framlegget frå Planlovutvalet ligg føre.
Miljøverndepartementet har i samarbeid med Kommunanes Sentralforbund og aktuelle departement sett i gang eit utviklingsprogram for fylkesplanlegginga. Programmet rettar seg mot å betre den praksisen som er i dag i fylka og sentralt. Samarbeidsprogrammet er samansett av tiltak som gjeld forpliktande deltaking, betre kopling mellom plan og verkemiddel, samspelet på og med sentralt nivå, arealstrategiar over kommune- og fylkesgrensene og den regionale utviklingsrolla.
Departementet har medverka til kompetanseoppbygging og erfaringsutveksling innan regional planlegging gjennom deltaking i Austersjø-samarbeidet og Interreg III-arbeidet og formidling av retningslinene for ei berekraftig romleg utvikling i Europa i 2001.
Resultatmål 4. Den regionale planlegginga skal samordne og styre bruk og vern av areal- og naturressursar over kommunegrensene.
I 2001 vart det godkjent 16 fylkesdelplanar som behandlar spørsmål knytte til store samanhengande naturområde, store infrastrukturtiltak og hovudtrekka i utbyggingsmønsteret. Om lag halvparten omhandla samferdslespørsmål, 1/3 arealbruk og utbyggingsspørsmål (m.a. planar som skal avløyse etableringsstoppen som mellombels er innført for kjøpesenter). Det var òg fleire kystsoneplanar og planar for vern. Regional behandling av arealspørsmål blir teke opp som ein del av samarbeidsprogrammet med Kommunanes Sentralforbund om fylkesplanlegging og av Planlovutvalet.
Resultatmål 5. Plan- og bygningslova skal vere eit effektivt verktøy for samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå underlagt folkevalt styring.
Det blir kvart år satsa på omfattande opplæring og rettleiing ut mot fylkesnivået, som igjen rettleier kommunane. Opplæring og politikkformidling om bruken av planlova blir utvikla i samarbeid med fylka og blir søkt tilpassa kunnskap og læringsbehov i det enkelte fylke. Det er viktig at ulike høyrings- og klageinstansar har tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse, slik at dei ikkje seinkar planprosessane.
Det er nedsett eit planlovutval som skal utføre ein samla gjennomgang av planleggingsføresegnene i plan- og bygningslova og nærliggjande lover. Første delinnstilling frå utvalet vart lagt fram i januar 2001 og har vore ute på høyring og brei debatt. På denne bakgrunnen har Miljøverndepartementet lagt fram ein odelstingsproposisjon med forslag om innføring av fristar i planlegginga og betre tilgang til kart og geografisk informasjon. Denne er koordinert med proposisjonen frå Kommunal- og arbeidsdepartementet om endringar i bygningsdelen av Plan- og bygningslova. Når den andre og siste delutgreiinga frå planlovutvalet føreligg ved årsskiftet, vil den bli sendt rundt på høyring og brei debatt med sikte på å utarbeide av ein odelstingsproposisjon for ny plandel i plan- og bygningslova.
Resultatmål 6. Alle viktige vedtak etter plan- og bygningslova skal baserast på kunnskap om konsekvensar for miljø og samfunn.
Føresegnene om konsekvensutgreiingar (KU) stiller krav om at verknader for miljø, naturressursar og samfunn av større utbyggingstiltak skal utgreiast før det blir fatta planvedtak eller gitt løyve til gjennomføring. Evaluering viser at konsekvensutgreiingar medverkar til at miljøomsyn blir sterkare ivaretekne og til at medverknad frå involverte og allmenta og informasjon om konsekvensar blir betre. Kostnadene ved å gjennomføre utgreiinga er som føresett ved innføringa av føresegna. Det blir utført eit løpande formidlings- og opplæringsarbeid overfor tiltakshavarar og ansvarlege styresmakter (dvs. kommunar, fylkeskommunar, departement og direktorat) om regelverket, med sikte på god praksis.
Prinsipp for konsekvensvurdering og kvalitetskrav i kommunal arealplanlegging er tekne i bruk i ei rekkje kommunar og erfaringane inngår som grunnlag for arbeidet i planlovutvalet. Erfaringane viser m.a. at konsekvensvurderingar i arealplanlegginga fører til auka vekt på berekraft, meir opa saksbehandling og at konsekvensane av planane blir lettare å føresjå. Miljøverndepartementet har utarbeidd ein vegleiar om vurdering av miljøkonsekvensar av stortingsmeldingar, -proposisjonar, føresegner og andre saker som blir lagt fram for regjeringa eller Stortinget.
Miljøverndepartementet samarbeider nært med EU-landa, Norden og EU-kommisjonen på området. Det er starta eit arbeid med sikte på å innarbeide nytt EU-direktiv om miljøvurderingar av visse planar og program. Dette direktivet vil få konsekvensar for planlegginga etter plan- og bygningslova og vil òg kunne tangere planlegginga innan andre sektorar (m.a. samferdsel og energi). Miljøverndepartementet deltek i aktivitetar innanfor ramma av konvensjonen om konsekvensutgreiingar i grenseoverskridande samanheng (FNECE) og leier arbeidet med å utvikle ein protokoll om strategiske konsekvensutgreiingar.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med omlag 60,3 mill. kr i 2003. Finansieringa er i hovudsak dekt over kapitla 1400, 1410, 1427, 1429 og 1441.
Føresegnene i plan- og bygningslova om planlegging og konsekvensutgreiing er det viktigaste verkemidlet på resultatområdet. Eit planlovutval arbeider med ein gjennomgang av plan- og bygningslova og lover som grensar til denne, jf. omtala under resultatmål 5.
For å medverke til gode samfunnsmessige avgjersler, er det viktig å støtte utviklinga av kunnskap og å styrkje planpraksisen i fylke, kommunar og statlege etatar. Miljøverndepartementet legg i arbeidet med dette vekt på samarbeid om tiltak som styrkjer informasjon, opplæring, rettleiing og politikkformidling. Dette skjer m.a. gjennom årlege samlingar for det regionale nivået og eit breitt tilbod av kurs, seminar og foredrag for ulike målgrupper. Desse tilboda er ofte utvikla i samarbeid med aktuelle organisasjonar og FoU-miljø. Departementet har eit nært samarbeid med KS om opplærings- og etterutdanningstilbod for kommunale planleggjarar. Vidare har departementet gitt NIBR støtte til å drive eit kompetansesenter for planlegging og konsekvensutgreiingar som m.a. ivaretek viktige dokumentasjons- og nettverksoppgåver knytte til planleggingsfeltet.
Departementet gir ut vegleiing og rundskriv knytte til regelverket og publiserer avgjersler og lovfortolkingar i rettskjelderegisteret Re§pons. Publikasjonane PlanNytt og PlanJuss kjem ut jamleg med oppdatert informasjon. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle løpande informasjon over departementet sine internettsider planlegging.no. Tiltak som aukar kompetansen innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementet sin innsats. Samarbeidsforum for storbyutvikling, der seks byar og ni departement deltek, er ein viktig arena for politikkformidling og utveksling av erfaringar med planlegging i byområde
Det er i gang fleire forskingsprogram som gir verdifull kunnskap til utvikling og implementering av nasjonal politikk og plansystemet etter plan- og bygningslova. Gjennom Noregs Forskingsråd medverkar Miljøverndepartementet til finansiering av programma. Dei viktigaste samarbeidspartnarane på finansieringssida er Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdsledepartementet. Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) er ein viktig bidragsytar i kraft av å vere kompetansesenter for konsekvensutgreiingar og forsking knytt til plan- og bygningslova. NIBR ivaretek òg viktige oppgåver knytte til dokumentasjon, nettverksbygging og formidling. Miljøverndepartementet samarbeider med Kommunal- og regionaldepartementet om å vidareutvikle regionale utviklingsprogram og integrere programma som verkemiddel i fylkesplanlegginga. Utfordringane knytte til lokal og regional Agenda vil stå sentralt i dette utviklingsarbeidet. Departementet tek initiativet til forsøk, utgreiingar og evalueringar for å betre grunnlaget for utvikling av politikk og planleggingsmetodar.
For å få betre kunnskapen om utviklinga i arealbruken i Noreg er det etablert eit program for arealdokumentasjon. Sentralt står Arealis, eit prosjekt for å gjere areal-, miljø- og planinformasjon betre tilgjengeleg. Prosjektet er eit samarbeid mellom sentrale faginstansar, fylkesetatar og kommunar.
Arealis er no i gang i alle fylke og nærare 100 kommunar. Det blir no satsa på å få eit breitt spekter av data tilgjengeleg i ein del kommunar, for å dokumentere nytte og leggje grunnlaget for ei brei innføring i kommune-Noreg. Det vil bli lagt vekt på å finne ein balanse mellom kommunale og statlege behov som vil optimalisere planprosessen i kommunane.
17 Resultatområde 10: Kart og geodata
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar etablering og drift av geografisk basisinformasjon. Resultatområdet dekkjer òg oppfølging og utvikling av standardar og regelverk og fagleg samarbeid med andre land på området, stimulering av norsk næringsutvikling innanfor geografisk informasjonsteknologi (GIT), forsking og utvikling, og sikring av historisk geografisk informasjon. Kartlegging av polare landområde høyrer til resultatområde 8. Resultatområdet inkluderer òg eit forvaltningsansvar for å skaffe fram arealdata for planleggingsformål.
Strategisk mål
Landet skal ha ein tenleg infrastruktur for lett tilgjengeleg geografisk informasjon, dvs. kart og elektronisk baserte tenester som tilfredsstiller det felles behovet ulike brukargrupper har for geografisk informasjon og fastlegging av posisjonar, under dette eit tilfredsstillande geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) for kartlegging, oppmåling og satellittbasert stadfesting. Det er viktig å utvikle gode standardar for geodata som er tilpassa internasjonale forhold.
Innanfor arealpolitikken er det eit mål å skaffe fram god informasjon om areala sin tilstand, før framtidig bruk blir planlagt. Staten og kommunane må i fellesskap etablere dette datagrunnlaget.
Nasjonale resultatmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Forvaltninga av den nasjonale kart- og geodatapolitikken er ei oppgåve som går på tvers av sektorar, og ansvaret for dette er lagt til Miljøverndepartementet. Det er derfor berre formulert nasjonale resultatmål på dette resultatområdet.
Tabell 17.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 10 Kart og geodata
Nasjonale resultatmål | Resultatindikatorar |
---|---|
1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag (grunnlag av målepunkt) tilpassa satellittbasert stadfesting. | Talet på kommunar med ferdig målt landsnett Gjenståande km høgdegrunnlag Status for centiposprosjektet |
2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar. | Prosentvis del av felles geodata som står att å etablere for landområda Digitalt eigedomskartverk i prosent av totalt tal eigedommar |
3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar. | Ajourhaldsfrekvens for trykt hovudkartserie Noreg 1:50 000 Del trykte sjøkart i moderne kvalitet Del autoriserte elektroniske sjøkart for norskekysten etter internasjonal standard i prosent av total |
4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. | Utvikling og bruk av nasjonale og internasjonale standardar Tal kommunar som deltek i «Geovekst»-samarbeidet for felles forvaltning av geodata Tal brukarar (oppslag mot) NGIS |
5. Arealplanlegginga skal gis eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areala. | Talet på kommunar som har innført arealinformasjonssystemet ArealisOversikt over planstatus i kommunane |
Statusbeskriving
Resultatmål 1. Landet skal ha eit einsarta geodetisk grunnlag tilpassa satellittbasert stadfesting.
All privat og offentleg oppmåling, kartlegging og navigasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag (kartreferanse). Grunnlaget er bygd opp over ei rekkje år, men er mange stader ikkje så nøyaktig og påliteleg som overgangen til satellittbaserte løysingar krev. Nytt landsomfattande overordna grunnlag, basert på internasjonal standard (EUREF89), kom på plass i 1997. Arbeidet med eit meir detaljert landsnett skjer i samarbeid med kommunar og andre brukarar som samfinansierte prosjekt. Så langt er 56 % av kommunane målt ferdig, noko som er godt føre planen. Det gjenstår i tillegg arbeid for den enkelte kommune for å kunne ta grunnlaget i bruk i det daglege arbeidet. Det nasjonale høgdegrunnlaget frå 50-talet er ikkje tilpassa bruk av satellitteknologi. Målet er å gjennomføre nødvendige målingar, slik at eit betre grunnlag er på plass innan 2005. Det gjenstår å måle 2 100 km.
Satellittsystemet Global Positioning System (GPS) gir i utgangspunktet posisjonar med grannsemd på 100 meter for sivile brukarar. Kartverket har etablert ei kontrollteneste, SATREF, som tilbyr GPS-brukarar i Noreg meir pålitelege og nøyaktige data (1-10 m). Denne tenesta er tilgjengeleg på testbasis over det ordinære kringkastingsnettet for FM-radio. Med digital kringkasting kan tenesta gi auka grannsemd. Kartverket vurderer, saman med andre nordiske kartverk, ei oppgradering av tenesta (centiposprosjektet) som vil kunne utvide bruken, ikkje minst innan kart og oppmåling. Kartverket legg til grunn ei minimum oppetid på tenesta på 98 %.
Resultatmål 2. Landet skal ha ein tenleg infrastruktur av nasjonale geografiske databasar.
Arbeidet med å etablere grunnleggjande geodata for landområda skjer i nært samarbeid innanfor Geovekst, eit samarbeid mellom Statens kartverk, Statens vegvesen, landbruksavdelingar på fylkesnivå, Telenor, dei fleste energiverka og dei fleste kommunane om etablering, ajourhald og finansiering av grunnleggjande geodata i samsvar med felles standard, under dette FKB-standarden (Felles Kart Base). Ikkje minst for miljø- og landbruksforvaltninga er det viktig å få på plass dette grunnlaget for meir effektiv saksbehandling. Med det investeringsnivået som er i dag, er førstegongsetableringa digitalt med FKB-standard venta fullført etter 2015. I løpet av 2002 er det venta at ca. 44 % vil vere fullført. Den årlege nyetablering ligg på ca. 6 %. Det nasjonale eigedomsregisteret består av tre element; Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB), Elektronisk grunnbok og digitalt eigedomskartverk (DEK). Arbeidet med digitalt eigedomskartverk, som er eit samarbeid mellom Statens kartverk og den enkelte kommune, er venta ferdig i 2005. Eigedomsdata for tettbygd strøk blir først og fremst etablert av kommunane. Mangelen på bustadinformasjon i offentlege register gjer at vi i dag har ufullstendig statistikk om bustader og hushald. Opplysningar om talet på bustadeiningar har blitt registrerte i GAB sidan 1984, men dette har berre fanga opp nye bygningar. Folke- og bustadteljinga i 2001 supplerte opplysningane m.a. for eldre blokker, bygardar og andre bygningar med fleire bustader.
Kartverket samarbeider med Forsvaret og Luftfartsverket om å etablere ein database over alle luftfartshinder, m.a. høgspentleidningar, master o.l. Ein slik database vil kunne auke tryggleiken i lufta, ikkje minst for helikoptertrafikken. Det er venta at førstegongsregistreringa av luftfartshinder blir fullført i 2004, og at databasen er i full drift frå 2005.
Resultatmål 3. Landet skal vere dekt av tenlege trykte og digitale kartseriar.
Arbeidet med å dekkje fastlandet av Noreg med tidsmessige landkart har gått føre seg frå slutten av 50-talet. Første gongs produksjon av økonomisk kartverk vart fullført i 2002 med Nordland som siste fylke. Økonomisk kartverk omfattar vel 180 000 km2, dvs. alt vesentleg produktivt areal, til saman over 32 000 kartblad. Frekvensen på ajourhaldet av denne typen kart er i dag på 18 år. «N50», den digitale førsteutgåva av hovudkartserien for Noreg 1:50 000 vart lansert ved årsskiftet 2000/2001.
Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem vil auke tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system vil kunne redusere faren for skadar på personar og miljø, redusere materielle kostnader, auke regulariteten, korte ned seglingsruter og styrkje næringsgrunnlaget langs kysten. Så langt har Kartverket gitt ut 49 av 141 papirkart i moderne kvalitet. Regjeringa har trappa opp arbeidet med elektroniske sjøkart for norskekysten. Ved utgangen av 2000 var ca. 30 % dekt med elektroniske sjøkart etter internasjonal standard. Sjømåling med laser frå fly er blitt nytta for grunne farvatn, under gode forhold ned til 50 m djup. Desse områda er svært tid- og ressurskrevjande med tradisjonelle metodar. Sjøkartlegginga langs norskekysten fekk tilført 20 mill. kr ekstra i 2001, og 20 nye millionar i 2002. Det ligg notil rette for å få på plass moderne digitale elektroniske sjøkart for kysten i 2006-2007 og for heile strekninga frå svenskegrensa til og med Trøndelag i løpet av 2003. Dei siste åra har det blitt sendt ein sjømålingsekspedisjon til Svalbard kvart år. Dette har, saman med investeringa i ny teknologi, gitt god framdrift i den aktuelle målesesongen frå juli til september/oktober. Til no er 46 % av samla areal dekt med tidsmessige målingar. Dei viktigaste sjøområda vil bli målte først.
Resultatmål 4. Geografiske data skal vere lett tilgjengelege og kunne nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.
Det er særdeles viktig å få på plass og ta i bruk aksepterte nasjonale og internasjonale standardar for felles bruk av geografiske data. Noreg er aktiv i utvikling og bruk av felles standardar. Erfaringane viser at Kartverket har ei oppgåve som sentral koordinator og bidragsytar i eit vellykka standardiseringsarbeid. Miljøvernforvaltninga spesielt, og offentleg forvaltning generelt, skal gjennomføre ein planmessig bruk av slike standardar.
Geovekstsamarbeidet omfattar så langt 390 kommunar. Det blir årleg produsert geodata for ein verdi av 75 mill. kr innanfor geovekstkonseptet.
Sjøkartverket har etablert ei nord-europeisk koordineringsteneste for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege. Dette var ei følgje av at det britiske sjøkartverket trekte seg ut av samarbeidet om ei felles europeisk sjøkartteneste kalla PRIMAR. Sjøkartverket har inngått avtale med fleire nasjonar om å finansiere denne tenesta under PRIMAR Stavanger. Det er ei sentral målsetjing å få fleire lands sjøkart med i samarbeidet.
Resultatområde 5. Arealplanlegginga skal få eit best mogleg informasjonsgrunnlag om verdien og bruken av areal.
Miljøverndepartementet har gjennomført Arealdokumentasjonsprogrammet 1997-2000. Programmet er no evaluert av brukarane i ein rapport frå Asplan Viak. Ein av hovudkonklusjonane er at etableringa av eit system for arealinformasjon no bør komme over i ein driftsfase under namnet Arealis. Systemet vil gjere areal-, miljø- og planinformasjon betre tilgjengeleg. Sentrale fagstyresmakter, fylkesetatar og kommunar skal i samarbeid syte for å etablere databasar om arealbruk og arealverdiar, som kan koplast saman. Prioritering av kva datasett som skal etablerast først skal avklarast. Så langt har alle fylke og 92 kommunar vore involverte.
Erfaringa frå programmet tilseier òg ei vidareføring av element knytte til overvaking av areal, gjerne med bruk av moderne teknologi. Eksempel på dette kan vere digitale skråfoto frå fly av strandsona i Oslofjorden, satellittbilete av tettstadsutviklinga, digitalfoto av den enkelte byggjesak eller videoovervaking med flykamera av endringar i bygningsmassen. 70 % av saker knytte til offentleg saksbehandling har eit element av geografisk informasjon i seg. Ved å hente informasjonen ved hjelp av teknologi, kan dei som skal ta avgjerder sikrast eit betre avgjerdsunderlag til lågare kostnad, då synfaringa i praksis kan gjennomførast i møterommet.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med om lag 283,3 mill. kr i 2003, der alt i hovudsak blir dekt over kapitla 1465 og 2465. Kapitla 1400, 1427, 1429, 1441 og 1510 er òg med på å finansiere resultatområdet. Samanlikna med 2002-budsjettet er det budsjettet lavere på resultatområdet. Dette skuldast omleggjing til nytt resultat-system. Som følge av dette er 84,1 mill. kr. ført over på resultatområde 11.
Miljøverndepartementet sitt ansvar innan resultatområdet blir i all hovudsak utøvd av Statens kartverk. Kommunane har òg eit monaleg ansvar. Verksemda i kommunane er tradisjonelt knytt til teknisk kartlegging (målestokk 1:1 000) og GAB-registrering. Kartverket har eit tradisjonelt ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og register, m.a. hovudkartseriane i målestokk 1:50 000 for respektive sjø og land, økonomisk kartverk (målestokk 1:5 000) og landet sitt offisielle register for grunneigedoms-, adresse- og bygningsdata (GAB-registeret). Etablering av databasar og produksjon av kart i digital form har lenge vore den store utfordringa, og vil vere det i fleire år framover.
Når kart og stadfesta informasjon blir forvalta i digital form, er ikkje informasjonen lenger knytt til ein bestemt kartmålestokk. Data samla inn til bruk for eitt føremål, til dømes lokalt i ein kommune, er like godt eigna til bruk i landsomfattande kartseriar. Å utnytte innsamla data på tvers av forvaltningsnivåa stiller krav til samarbeid om felles dataforvaltning både mellom stat og kommune og mellom dei forskjellige statlege deltakarane. Med dette som bakgrunn arbeider departementet med retningslinjer for samarbeidet om etablering og tilgang til geografisk fellesinformasjon. Departementet vil i den samanheng føre vidare prinsippa frå geovekstsamarbeidet, og ser for seg eit «digitalt Noreg» som for brukarane står fram som ein heilskapleg digital geografisk infrastruktur på tvers av administrative grenser og etatsorganisering.
Statens kartverk er eitt av Miljøverndepartementet og NORAD sine fagsenter for miljøutvikling og deltek med jamne mellomrom i norske bistandsprosjekt. I det siste året har dette vore knytt til Guatemala, Indonesia, Laos, Vietnam, Sri Lanka, Sør-Afrika, Zimbabwe, Mosambik, Tanzania, Palestina, Romania, Kroatia, Kosovo og Makedonia.
18 Resultatområde 11: Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar oppgåver og verkemiddel som går på tvers av resultatområda 1-10. Resultatområdet innverkar følgjeleg på resultatoppnåinga innanfor alle dei andre resultatområda. Sentrale funksjonar er å:
Medverke til å integrere miljøomsyn i andre område av politikken på ein effektiv måte, m.a. ved hjelp av Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, sektorvise miljøhandlingsplanar og resultatrapportering.
Medverke til å ta i bruk generelle økonomiske verkemiddel (f.eks. avgifter og tilskot) og frivillige avtaler med næringslivet, generelle administrative verkemiddel (f.eks. forsking, informasjon, forvaltningspolitisk samarbeid, innhenting og formidling av miljødata, og miljølære i skulen) eller andre områdeovergripande verkemiddel.
Utføre forvaltningsoppgåver, internadministrasjon knytta til utviklingsarbeid og oppgåver innanfor personal, økonomi, IKT, og andre oppgåver som ikkje naturleg høyrer inn under dei andre resultatområda.
Områdeovergripande internasjonalt arbeid er omtalt under resultatområde 8.
Strategiske mål
Miljøvernforvaltninga skal innrette verksemda slik at måla i miljøvernpolitikken blir nådde til så låge kostnader som mogleg for samfunnet. Styrings- og kostnadseffektivitet skal vere grunnleggjande for valet av verkemiddel.
Verdigrunnlaget for miljøvernpolitikken skal profilerast, og miljøvernomsyn skal integrerast i alle sektorar av samfunnet - og liggje til grunn for det interne arbeidet i miljøvernforvaltninga. Kunnskap og tilgjenge til miljøinformasjon skal medverke til å styrkje forståinga for å betre avgjerdsgrunnlaget i miljøvernpolitikken. Det skal leggjast til rette for å styrkje og fornye miljøvernarbeidet, og stimulere til berekraftig praksis regionalt og lokalt.
Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving
Resultatområdet har ikkje eigne nasjonale mål, men må sjåast i lys av miljøvernforvaltninga sine områdeovergripande oppgåver, jf. resultatområda 1-10.
Tabell 18.1 Mål- og indikatortabell for resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver
Miljøvernforvaltninga sine arbeidsmål | Miljøvernforvaltninga sine resultatindikatorar |
---|---|
1. Sikre at miljøvernforvaltninga sin internadministrasjon er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga. | - Godt utført planlegging, økonomistyring, personalforvaltning og annan internadministrasjon. - Følgje utviklinga innafor IKT, og sikre gode nytteuttak av føretekne investeringar. - Oppdatert internt regelverk, gjennomførte organisasjons-utviklingstiltak og planlagte og gjennomførte tiltak innanfor moderniseringsarbeidet til Regjeringa. - Gjennomført interne tiltak i tråd med målsetjinga i Grøn stat. |
2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga. | - Godt gjennomført budsjettarbeid og styringsdialog med miljøvernforvaltninga, andre etatar og verksemder med oppgåver på miljøområdet. - Etablert eit enkelt, forståeleg og operativt system for dokumentasjon av resultat innan miljøvernpolitikken i samarbeid med andre departement. - Etablert og teke i bruk gode prosessar for utvikling av og tilgang til ny kunnskap både internt og i samarbeid med andre styresmakter og Noregs forskingsråd. - Teke i bruk eksisterande erfaring og kunnskap på ein effektiv måte. |
3. Arbeide for at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet. | - Formidla relevant og ny miljøkunnskap på ein føremålstenleg måte til andre departement. - Etablert tilstrekkeleg kunnskap om andre departement sine mål og utfordringar. - Vidareutvikla Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og å integrere miljøvernpolitikken i viktige prosessar og sektorar. - Integrert miljøvernpolitiske mål og synleggjort det økologiske perspektivet i relevante stortingsdokument frå regjeringa. - Medverke til å endre subsidie- og skatte- og avgiftssystemet i meir miljøvennleg retning. - Medverke til fullskala drift av Grøn Stat, dvs. til at alle departement startar innføring av miljøleiingssystem i 2002 og til at alle statlege etatar har innført miljøleiing innan 2005. |
4. Sikre at nasjonale rammevilkår fremjar regional/lokal handling på miljøvernområdet. | - Har ei føremålstenleg og god ansvarsdeling mellom sentralt, regionalt og lokalt nivå på miljøvernområdet. - Har tilrettelagt for føremålstenlege system for dialog og samhandling i samband med overføring av oppgåver til kommunesektoren. |
5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar. | - Løpande formidla regjeringa sin miljøvernpolitikk via aktuelle kommunikasjonskanalar. - Teke i bruk eigna arenaer for kommunikasjon med ulike målgrupper internt og eksternt. - Lagt til rette for meir open og tilgjengeleg miljøinformasjon. |
Statusbeskriving
Arbeidsmål 1. Sikre at miljøvernforvaltninga sin internadministrasjon er målretta, effektiv og miljøvennleg, og i samsvar med overordna retningslinjer for statsforvaltninga.
Det ligg føre eit strategidokument og overordna plan- og styringsdokument for å leie miljøvernforvaltninga mest mogleg målretta og effektivt. Det blir fortløpande arbeidd med organisasjonsutvikling i tråd med regjeringa sitt moderniseringsarbeid.
Leiings- og kompetanseutvikling står sentralt for å sikre effektiv og planlagt bruk av ressursane. Det blir arbeidd kontinuerleg med å utvikle personalressursane og vidareutvikle sentrale personalpolitiske område, under dette livsfasepolitikk og mobilitet. Departementet har m.a. gjennomført ei 360 graders leiarevaluering, og skal arbeide vidare med utvikling av leiing i lys av dette.
Bruken av informasjonsteknologi skal medverke til effektive og betre arbeidsprosessar. Departementet innfører no elektronisk saksbehandling. Strategi for IKT i heile miljøvernforvaltninga blir følgt opp som eit forpliktande samarbeid mellom departement og etatar. Gjennom arbeid med dei fire satsingsområda i strategien blir det fokusert meir på effektiv samhandling og dataforvaltning, modernisering av informasjonsløysingar i forvaltninga, utvikling av IKT-kompetanse, og å leggje til rette for erfaringsutveksling på tvers av faggrenser.
Arbeidsmål 2. Sikre effektive system og målretta kunnskap som grunnlag for politiske prioriteringar og styring av miljøvernforvaltninga.
Det er utvikla eit heilskapleg system for styring, prioritering og resultatmåling/oppfølging i miljøvernforvaltninga. Systemet dekkjer alle nivå, og skal ivareta alle føremål, under dette òg departementet sitt arbeid med etatstyring.
Miljøvernforvaltninga har ansvar for utvikling og drift av systema for dokumentasjon og kvalitetssikring av norske miljødata. Miljøvernforvaltninga skal syte for at data som blir nytta i statlege og sentrale internasjonale rapportar er autoriserte og offisielle norske miljødata. Eit system for resultatdokumentasjon i miljøvernpolitikken er under utvikling. Det blir m.a. lagt opp til ei systematisk innsamling av miljødata og dokumentasjon av resultata av Regjeringa sin samla miljøvernpolitikk gjennom miljøovervaking, miljøstatistikk og sektorvis miljørapportering. Systemet vil gi viktig informasjon for å vurdere utviklinga i miljøet og gjennomføringa av politikken innanfor kvar sektor, og identifisere behovet for ny politikk. Referansesystemet for miljøinformasjon skal innehalde tilvisingar til alle miljødata som blir nytta i Stortingsmelding om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand (RM), «Miljøstatus i Noreg» på Internett og internasjonal rapportering. Arbeidet med dataproduksjon, forvaltning og formidling er òg knytt opp mot IKT-strategi for miljøvernforvaltninga.
Miljøverndepartementet samarbeider med Noregs forskingsråd for å sikre at kunnskapsproduksjonen blir målretta, og at resultata frå forskinga blir formidla slik at dei, i tillegg til grunnlag for politikken, òg kan nyttast av andre avgjerdstakarar. Det er lagt stor vekt på å formidle nye forskingsresultat til avgjerdstakarane på ein god måte, og at forvaltninga får forståing for i kor stor grad forskingsresultat ligg til grunn for forvaltninga sitt eige arbeid og dei avgjerder den tek. Nye kunnskapsbehov og resultat av forskingsinnsatsen som er finansierte av Miljøverndepartementet, er omtalt under dei enkelte resultatområda. Gjennom EØS-avtala deltek Noreg i EU sitt 5. rammeprogram for forsking. Norske forskingsmiljø har markert seg godt, m.a. i miljødelen av rammeprogrammet.
Arbeidsmål 3. Sikre at miljøvernomsyn blir formidla, forankra og integrerte i alle sektorar av samfunnet.
Miljøprofilen i statsbudsjettet og status i miljøpolitikken er omtalt i stortingsmeldinga om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som blir lagt fram annakvart år. Departementa har ansvar for å utarbeide sektorvise miljøhandlingsplanar som omfatter dei samfunnssektorane som er forvaltningsmessig knytte til vedkommande departement. Miljøhandlingsplanane skal presentere miljøutfordringane i sektorane, sektorvise arbeidsmål og verkemiddel, og tiltak for å nå måla. Hausten 2002 vil alle departementa ha utarbeidd sektorvise miljøhandlingsplanar. Før arbeidet med å utarbeide ein ny generasjon planar eventuelt blir sett i gang, skal det gjerast ei grundig evaluering av systemet med sektorvise miljøhandlingsplanar. Ei slik evaluering vil bli gjennomført i løpet av vinteren 2002-2003.
Nettverk for miljølære er no ferdig utvikla. Det har blitt eit godt hjelpemiddel for lærarar og elevar på alle nivåa innanfor skuleverket. Mange skular nyttar nettverket sine Internettsider, som òg er kopla opp mot «Miljøstatus i Noreg» for utdjupande bakgrunnsinformasjon. Både spørsmål knytte til berekraftig utvikling og miljøvernforvaltninga sitt arbeid med miljøinformasjon og stadfesta informasjon er synleggjort i det tverrdepartementale samarbeidet om eNoreg-planen.
Grøn stat - innføring av miljøleiing i statlege verksemder, er ei viktig satsing.
Staten har eit stort potensial til å påverke miljøet, både gjennom eiga drift og eige forbruk, og gjennom påverknad av produksjon av varer og tenester. Sjølv om dei fleste statlege etatar/verksemder har ei driftsform som ikkje medfører store enkeltutslepp samanlikna med tradisjonell industri, fører omfanget av den totale statlege verksemda til at miljøpåverknaden er betydeleg. Regjeringa har sett som mål at alle statlege etatar og verksemder innan utgangen av 2005 skal ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystema for organisasjonen.
Kvart departement har ansvar for å innføre miljøleiing i eige hus og at underliggjande etatar og verksemder innfører miljøleiing innan 2005. Departementa har sjølve allereie gått føre og starta arbeidet med innføring av miljøleiing i 2002.
For å sikre at statlege etatar og verksemder har god nok kunnskap og kompetanse om miljøleiing og aktuelle tiltak, tek Regjeringa sikte på å medverke til at det blir utvikla eit kursopplegg og vegleiingsmateriell tilpassa statlege verksemder. Det er oppretta eit prosjekt i Miljøverndepartementet som i samarbeid m.a. med Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil koordinere arbeidet i dei ulike etatane, formidle kontakt med kompetansemiljø og samarbeidspartnarar, utarbeide vegleiingsmateriell, sikre kursopplegg m.m. Regjeringa tek sikte på å gi ei oversikt over oppnådde resultat i stortingsmeldingar om Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.
Miljøverndepartementet har nyleg fremja forslag til ny lov om retten til Miljøinformasjon. Lovforslaget er ei oppfølging av Miljøinformasjonsutvalet si innstilling NOU 2001:2 «Retten til miljøopplysninger». Med ei samla lov om miljøinformasjon blir det teke eit stort og viktig første steg for å styrkje retten til miljøinformasjon i Noreg. Den nye lova vil tette hol i regelverket, styrkje og klargjere gjeldande rett på dette området og medverke til å operasjonalisere retten til miljøinformasjon etter Grunnlova § 110 b.
Forslaget om ny lov innfører nye og sterkare rettar for allmenta. Plikta til å gi ut miljøinformasjon gjeld for både offentlege og private. Forslaget inneheld m.a. reglar om plikt for offentlege organ til å ha oversiktsinformasjon om miljøforhold innanfor sitt ansvarsområde og gjere den tilgjengeleg, og ein styrkt rett til innsyn i miljøinformasjon som ligg føre hos offentlege organ. Forslaget inneber vidare nye rettar til miljøinformasjon hos offentlege og private verksemder og ein styrkt rett til å ta del i avgjerdsprosessar som har innverknad på miljøet. Også for produktinformasjon blir det innført nye rettar.
Arbeidsmål 4. Sikre at nasjonale rammevilkår fremjar regional/lokal handling på miljøvernområdet.
Regjeringa tek sikte på ei gradvis overføring av oppgåver og mynde til kommunane på miljøvernområdet i perioden 2002-2005 jf. St. meld. nr 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå. Regjeringa vil styrkje det kommunale miljøvernarbeidet ved å gi kommunane auka ansvar og fleire verkemiddel for å ivareta miljøvernoppgåver av lokal karakter.
I tillegg er det viktig å leggje til rette for at kommunane utnyttar betre det handlingsrommet dei allereie har i dag på miljøvernområdet, m.a. gjennom Plan- og bygningslova og anna særlovgiving. Det er behov for å gjere tydeleg praktiske rammer, føresetnader og statlege forventningar til kommunen på miljøvernområdet. Ei slik klargjering vil vere ei støtte til dei kommunane som allereie arbeider aktivt på miljøvernfeltet og gjere tydeleg dei forventningar staten har til kommunar som i dag ikkje prioriterer miljøvern høgt nok.
Miljøverndepartementet vil vidare konsentrere sitt arbeid om dei viktigaste føresetnadene for å sikre regional/lokal handling på miljøvernområdet ved å stimulere kommunane til å vise engasjement og interesse for miljøvern som eit viktig og framtidsretta politikkområde.
Interkommunalt samarbeid bør utnyttast av kommunane i det vidare arbeidet med miljøvern.
Arbeidsmål 5. Sikre god informasjon og kommunikasjon med ulike målgrupper om lokale, nasjonale og globale utfordringar.
Internett er ein sentral kanal for informasjonsformidling. Store mengder miljøinformasjon er gjort tilgjengeleg under ei felles inngangsside for miljøvernforvaltninga, www.miljo.no.
Både informasjonsmengda og den teknologiske utviklinga har medverka til at internettsidene til MD er blitt ein betre formidlingskanal. Eit døme på dette er m.a. at alle høyringssaker blir lagt ut på nettet, med høyringsfråsegn. Brukarane har òg høve til å sende inn høyringsfråsegnene elektronisk. Eit anna døme er at det er oppretta eit debattforum om barn og unge i planlegginga. Det finst eigne nettsider for EØS-samarbeidet, www.eu-miljo.no, som satsar på å gi forvaltning, presse og organisasjonar auka høve til innsyn og deltaking i politikkavgjerder innanfor EU/EØS-samarbeidet.
Nettsidene er i større grad blitt eit grensesnitt for kommunikasjon med departementet sitt publikum. Pilotprosjekt som www.rovviltmelding.no let publikum følgje forvaltninga sitt arbeid og gir høve til aktivt å delta i utforminga av politikken på respektive rovviltområdet.
Auka tilgjenge og ei meir opa haldning er m.a. i tråd med Århuskonvensjonen og retten til miljøinformasjon. Bruken av Internett i miljøvernforvaltninga blir òg sett i samanheng med IKT-strategien. Dette gjeld særleg vidare utvikling av interaktive, brukartilpassa informasjonsløysingar.
Under www.miljo.no er «Miljøstatus i Noreg» (www.miljostatus.no) den sentrale nettstaden når det gjeld fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøvernpolitiske resultatområda.
Talet besøk på Miljøverndepartementet sine nettsider er dobla sidan første registrering av statistikk på nye Odin i oktober 2000. Også «Miljøstatus i Noreg» har hatt ein klar framgang i talet på besøk. Det er gjort brukarundersøkingar som vil danne grunnlag for vidare justeringar og tilpasningar til brukarbehova.
Pressa og frivillige organisasjonar er viktige målgrupper for Miljøverndepartementet på grunn av den rolla dei har som vidareformidlarar. Vi legg derfor særleg vekt på at desse gruppene får god tilgang til informasjon slik at dei på sin måte kan formidle vidare til sine målgrupper. På tradisjonell måte blir det òg utarbeidd artiklar og kronikkar til aviser og tidsskrifter, og det blir arrangert pressekonferansar og pressereiser ved viktige hendingar.
Det er lagt vekt på å få gode samarbeidsrelasjonar med organisasjonane, og driftstilskot til dei frivillige organisasjonane må sjåast på som eit viktig verkemiddel for å styrkje deira høve til aktivitet og deltaking.
Verkemiddel
Resultatområdet er planlagt finansiert med 494,8 mill. kr over Miljøverndepartementet sitt budsjett for år 2003. Resultatområdet omfattar innsatsen av områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver på tvers av alle resultatområda 1-10, og blir finansiert av alle delar av miljøvernforvaltninga, jf. kap 1400, 1410, 1425, 1426, 1427, 1429, 1441, 1465, 1470 og 1471. Tilskot til miljøvernorganisasjonane er òg eit viktig verkemiddel for å styrkje medverknad og engasjementet omkring ulike miljøspørsmål, jf. kap. 1400, post 70. For år 2003 er det totalt avsett omlag 90 mill. kr til miljøovervaking over Miljøverndepartementet sitt budsjett, jf. kap. 1410, postane 21 og 60. I tillegg blir lønn og drift av fylkesmannen sine miljøvernavdelingar finansiert over kap. 1510, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Miljøverndepartementet utviklar og forvaltar ei rekkje lover, reglar og instruksar som har innverknad på miljøsektoren og plansida, f.eks. plan- og bygningslova, forureiningslova, kulturminnelova, naturvernlova m.m.
Ein effektiv og målretta organisasjon er eit avgjerande verkemiddel for gjennomføring av Miljøverndepartementet sine mål.