Del 3
Miljøverndepartementet sitt budsjettforslag for 2003
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
1400 | Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400) | 126 260 | 515 341 | 459 450 | -10,8 |
1401 | Opplysningsverksemd, tilskot til organisasjonar | 37 734 | |||
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410) | 318 508 | 337 236 | 344 912 | 2,3 |
Sum kategori 12.10 | 482 502 | 852 577 | 804 362 | -5,7 |
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast attende til alle resultatområda. Reduksjonen i løyving samanlikna med saldert budsjett 2002 skuldast i hovudsak at tilskotet til modernisering av nikkelverket på Kola blir foreslått sett ned i samsvar med framdrifta i prosjektet. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2003 innanfor dei ulike resultatområda.
Kap. 1400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 126 260 | 150 458 | 154 841 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 62 252 | 68 728 | |
60 | Tilskot til lokalt miljøvern , kan overførast | 5 200 | 2 000 | |
61 | Yttersjø gård | 3 700 | ||
70 | Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar | 33 550 | 35 050 | |
71 | Internasjonale organisasjonar | 32 175 | 33 335 | |
72 | Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast | 8 000 | 7 000 | |
73 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon, kan overførast | 38 425 | 33 425 | |
74 | Tilskot til AMAP , kan overførast | 2 200 | 2 200 | |
75 | Miljøvennleg byutvikling , kan overførast | 4 000 | 4 000 | |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak , kan overførast | 9 081 | 5 371 | |
78 | Miljøtiltak til nikkelverka på Kola , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 170 000 | 109 800 | |
Sum kap 1400 | 126 260 | 515 341 | 459 450 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter som Miljøverndepartementet har til lønn og godtgjersler for sine tilsette. Omlag to tredelar av løyvinga gjeld dette. Løyvinga dekkjer òg driftsutgiftene for departementet, under dette husleige, kjøp av materiell, inventar og utstyr, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd, tiltak for kompetanseutvikling, arkiv- og kontortenester og drift og utvikling av IT-anlegget til departementet. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største.
Meirinntekter under kap. 4400 post 02 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter Miljøverndepartementet har til kjøp av tenester knytte til faglege utgreiingar. I tillegg blir utgifter til enkelte mellombels stillingar i tilknyting til faglege prosjekt dekte, og mindre administrative kostnader knytte til desse stillingane. Posten omfattar alle resultatområda.
Ein del av denne posten vil bli nytta til tiltak og samarbeid på det nordiske og internasjonale området, og til utgreiingar innanfor prioriterte område som klima. Det er òg avsett midlar til forvaltning av tilskotet til modernisering av nikkelverket i Petsjenga på Kola, jf. kap. 1400 post 78 nedanfor.
En del dekkjer aktivitetar knytte til utvikling av lovverk og teknologi som legg til rette for ei betre og meir effektiv plan- og byggjesaksbehandling. Arbeidet med utvikling av Plan- og bygningslova og utforming av elektronisk byggjesaksbehandling i planforvaltninga er her viktig. Elles vil tiltak i samband med byutvikling og miljøvennlege og attraktive tettstader stå sentralt som oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001-2002) om Betre miljø i byar og trettstader. Ma. gjeld det pilotprosjekt for utprøving av miljøsoner. Arealis-programmet og programmet for å fornye fylkesplanlegginga dekkjast òg av posten. Som ledd i oppfølging av handlingsprogrammet for funksjonshemma, samarbeider Miljøverndepartementet med fleire departement om å fremje strategien for universell utforming i planlegginga. Det er avsett midlar til oppfølging av m.a. Grøn stat og utgreiingar knytte til havmiljø
Posten dekkjer også ulike fagprosjekt innanfor fagfelta biologisk mangfald og friluftsliv. Dette omfattar m.a. midlar til å styrkje dei ville laksebestandane, midlar til utvalet som skal vurdere lovgrunnlaget for vern av biologisk mangfald i Noreg, arbeidet med gjennomføring og evaluering av forsøksprosjektet om motorferdsel, vidareføring av arbeidet med strandsona og oppfølgingsprosjekt i forhold til lokalt miljøvern.
Informasjonstiltak blir òg dekte av denne posten. Innanfor departementet si informasjonsverksemd vil ein konsentrere seg om områda biologisk mangfald, friluftsliv, kulturminnevern, havmiljø, helse- og miljøfarlege kjemikaliar, klima og internasjonalt miljøvernsamarbeid, og regional planlegging. Midlane vil bli nytta til tiltak overfor media og andre målgrupper, elektronisk og papirbasert publisering, formidling av nyhende via ODIN/Internett og vidareutvikling av departementet si internettsatsing.
Dei resterande midlane vil m.a. bli nytta til informasjonsverksemd og tiltak innanfor områda naturforvaltning og kulturminne, m.a. arbeid knytt til nominasjon av nye norske område til UNESCO si verdsarvliste: Vega-øyane og Vestnorsk fjordlandskap.
Det er rammeoverført 1,3 mill. kr til Helsedepartementet sitt kap. 0715 post 01 for å styrkje samarbeidsavtala mellom Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet (av 1999) som gjer Statens Strålevern til fagstyresmakt på området radioaktiv forureining av det ytre miljøet. I tillegg skal ein sikre finansiering av Strålevernet si oppgåve med å operere målenettverket for overvaking av naturleg ultrafiolett (UV-) stråling i Noreg saman med SFT og NILU.
Meirinntekter under kap. 4400 post 21 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under denne posten, jf. Forslag til vedtak II nr. 1.
Post 60 Tilskot til lokalt miljøvern, kan overførast
Mål:
Føremålet med tilskotsordninga er å medverke til auka fokus på lokalt miljøvern og stimulere til at kommunane utnyttar eksisterande handlingsrom på miljøvernområdet på ein betre måte. Midlane vil bli fordelte frå departementet.
Oppfølging og kontroll:
Sluttrapport og rekneskapsrapport tilpassa storleiken på tilskotet blir kravd av mottakar av tilskotet etter avslutta prosjekt.
Post 61 Yttersjø gard - kjøp av areal rundt garden (ny)
Posten er ny og skal nyttast til tilskot til Larvik kommune til tileigning av ca. 15 mål rundt Yttersjø gard. Eigedommen er freda og formålet med tileigninga er å sikre ei god og heilskapleg forvaltning. Føresetnaden for tilskotet er at kommunen som eigar forvaltar området i tråd med forvaltningsplan.
Post 70 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Posten omfattar all grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar som blir gitt over budsjettet til Miljøverndepartementet. Det blir gjort fremlegg om å auke grunnstøtta med 1,5 mill. kr.
Mål:
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit breitt utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med miljøvern som hovudarbeidsfelt, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt. Storleiken på driftstilskota blir fastsett m.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå lokalt, deira økonomi og alternative høve til finansiering saman med medlemstalet i organisasjonane. Det blir ikkje gitt grunnstøtte til stiftingar over denne posten.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar og rekneskap stadfest av revisor.
Tabell 19.1 Grunnstøtte til frivillige miljøvernorganisasjonar
Organisasjon | Rekneskap 2001 | Vedtatt budsjett 2002 | Forslag 2003 |
---|---|---|---|
Miljøheimevernet | 7467 | 8000 | 8000 |
Norges Naturvernforbund | 3814 | 4084 | 4324 |
Framtiden i våre hender | 1400 | 1500 | 1588 |
Den Norske Turistforening | 2560 | 2743 | 2904 |
Norges Jeger- og fiskerforbund | 3510 | 3759 | 3980 |
Fortidsminneforeningen | 2235 | 2398 | 2539 |
Friluftslivets fellesorganisasjon | 25951) | 1853 | 1962 |
Norges Velforbund | 1655 | 1775 | 1879 |
Norsk Ornitologisk Forening | 1055 | 1131 | 1198 |
Norsk forening for fartøyvern | 865 | 928 | 982 |
Forbundet Kysten | 945 | 1014 | 1074 |
Natur og Ungdom | 750 | 804 | 852 |
Norsk forening mot Støy | 570 | 612 | 648 |
Norsk Vannforening | 163 | 175 | 185 |
Kulturvernets fellesorganisasjon | 475 | 509 | 540 |
Samarbeidsrådet for biologisk mangfold | 500 | 537 | 569 |
WWF-Norges Medlemsforening | 400 | 429 | 455 |
Norges Miljøvernforbund | 50 | 160 | 170 |
Norsk Biologforening | 69 | 74 | 78 |
Norsk Zoologisk Forening | 46 | 49 | 52 |
Norsk Entomologisk Forening | 69 | 74 | 78 |
Norsk Botanisk Forening | 69 | 74 | 78 |
Foreningen Våre Rovdyr | 110 | 118 | 125 |
Norsk Soppforening | 43 | 46 | 49 |
Blekkulfs miljødektektiver | 700 | 741 | |
Sum | 31 415 | 33550 | 35050 |
1) Mangel på samsvar med kapitteltabellen skuldast feilutbetaling som er gjort greie for i forklaringa til statsrekneskapen 2001.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under denne posten gjeld alle resultatområde, unnateke resultatområde 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Posten er auka med omlag 1,5 mill. kr, fordi kontingentane til Det europeiske miljøvernbyrået og Klimakonvensjonen har auka monaleg. I tillegg er det rekna med kontingent til Rotterdamkonvensjonen og Århuskonvensjonen som er nye i 2003.
Mål:
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører eit viktig miljøretta arbeid som har verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til miljøfondet i FN (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FN sitt miljøfond (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunion (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimsekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Sekretariatet for Laksekonvensjonen
Biodiversitetskonvensjonen
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Miljøverndepartementet sin del av det norske bidraget til grunnkapital i Det nordiske miljøfinansieringsselskap (NEFCO)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FN sitt klimapanel (IPCC)
FN sin Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og forhandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon
Kontroll overfor tilskotsmottakar:
Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar.
Post 72 Miljøverntiltak i nordområda, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8. Løyvinga er oppretta for å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Ordninga er ikkje open for søknad. Relevante tilskotsmottakarar blir tilskrivne.
A: Tilskot til drift av Polarmiljøsenteret A/S
Mål:
Målet med ordninga er utvikling av Polarmiljøsenteret A/S i Tromsø.
Kontroll overfor tilskotsmottakar:
I tillegg til fagleg kontakt blir det motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar frå tilskotsmottakar. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av årsrapport og rekneskap, ved kontroll av at tilskotsmottakaren faktisk er etablert i senteret og ved at tre av departementet sine direktorat deltek i styret for selskapet.
B: Tilskot til FoU-verksemd
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å styrkje miljøvernkompetansen retta mot nordområda. Målgruppa for tilskotsordninga er samarbeidande forskingsinstitutt som er deltakarar i Polarmiljøsenteret.
Kriterium for oppfølging:
Forskingsinstitutta og andre som får tilskot rapporterer på talet iverksette og avslutta FoU-prosjekt, og mengda av publiserte og selde publikasjonar, under dette også ved internasjonal referee.
Kontroll overfor tilskotsmottakar:
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter for tilskota. Kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av dei innsende rapportane.
Post 73 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk, kan overførast
A. Drifts- og prosjekttilskot til spesifiserte ikkje-statlege verksemder
Mål:
Målet med ordninga er å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringslivet, kommunane og hushalda.Ordninga omfattar:
drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen for berekraftig produksjon og forbruk, GRIP Senter, som skal medverke til berekraftig produksjon og forbruk ved å utvikle og formidle kunnskap om metodar som sameiner auka verdiskaping med redusert ressursbruk og miljøbelastning.
driftstilskot til stiftelsen Miljømerking i Noreg, som skal stimulere næringslivet si satsing på å utvikle meir miljøvennlege produkt og stimulere forbrukarane til val av desse (ordninga er nærare omtalt i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon)
driftstilskot til GRID Arendal. GRID Arendal vart etablert i 1989 som ei stifting knytt til miljøprogrammet i FN (UNEP). Hovudoppgåvene til GRID Arendal er å vere eit internasjonalt senter for miljøinformasjon og støtte UNEP sine aktivitetar på dette området. I samsvar med avtale mellom Noreg og UNEP medverkar Noreg med 4,0 mill. kr til grunnfinansiering av GRID Arendal.
drifts- og prosjekttilskot til Stiftelsen Idébanken. Stiftinga har som formål å fremje og formidle praktiske, lokale forsøk på å realisere ei berekraftig utvikling for å syneleggjere det lokale handlingsrommet som finst. Stiftinga har både kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar som målgruppe. Stiftinga Idébanken skal òg vere sentral i arbeidet med prosjektet «07-06-05 - Tid for forandring».
driftstilskot til Miljøfyrtårn-programmet som skal medverke til å motivere lokalt næringsliv til å bli meir miljøeffektive
drifts- og prosjekttilskot m.m. til ORIO-programmet for auka gjenvinning av våtorganisk avfall og slam, som skal samanstille eksisterande kunnskap, avdekkje kunnskapshol, initiere forskings- og utgreiingsoppgåver, formidle informasjon og medverke til betre dialog mellom produsent og mottakar. Programmet får også midlar frå Landbruksdepartementet.
drifts- og prosjekttilskot til LOOP, ei stifting som arbeider med å gi meir heilskapleg og samordna informasjon til næringsliv, kommunar og forbrukarar om handtering, gjenvinning og anna behandling av alle typar avfall, under dette spesialavfall.
Løyvinga på posten er foreslått redusert i forhold til i fjor, noko som vil medføre reduserte tilskot for fleire av mottakarane. Det blir elles vist til omtale i innleiinga der det er varsla ei vurdering av organisering og finansiering av dei ulike støttefunksjonane i høve til næringsliv, kommunar og hushald. Drifts- og prosjekttilskot blir gitt på bakgrunn av årlege søknader frå ovannemnde verksemder, vedlagde spesifiserte planar og budsjett. Prosjekttilskot blir gitt på bakgrunn av konkrete prosjektsøknader. Tilskot blir berre gitt til prosjekt som er i tråd med formålet for ordninga.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i det enkelte tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikter for alle tilsegner i tillegg til fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla på resultatområde 8.
Mål:
Målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftinga AMAP.
Stiftinga vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. AEPS-samarbeidet er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk Råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet. I juni 1997 la AMAP fram ein omfattande tilstandsrapport for miljøet i Arktis, «Arctic Pollution Issues: A State of the Arctic Environment Report». Rapporten gir eit godt grunnlag for opprydding og førebygging av forureiningsproblem i Arktis.
Oppfølging og kontroll:
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter i tillegg til fagleg kontakt med stiftinga.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Tilskotsordninga vart oppretta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 84 (2000-2001) og vil bli ført vidare som oppfølging av St.meld. nr. 23 (2001 - 2002) om betre miljø i byar og tettstader. Midlane er i hovudsak retta mot resultatområde 9 Regional planlegging, men òg resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv, 3 Kultur og kulturmiljø, 5 Helse og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning.
Mål:
Formålet med ordninga er å utvikle og stimulere til nye løysingar som fremjar miljøvennleg byutvikling og byforvaltning. Dette gjeld både tiltak i miljøbelasta område i byane og nye samarbeidsformer innan arbeidsfelt med mange aktørar og uavklarte ansvarsforhold. I Stortingsmelding nr. 23 er det foreslått at staten inviterer nokre byar til pilotprosjekt der offentlege etatar, næringsliv og bebuarorganisasjonar går saman om å utprøve nye løysingar. Dette gjeld til dømes etablering av såkalla miljøsoner, der tiltak som kan gi reinare luft, mindre støy, betre trafikktryggleik, tilgjenge til grøntområde og betre kulturmiljø blir sett samla innanfor eit avgrensa område. Andre pilotprosjekt kan vere omforming av gamle byområde, drift og vedlikehald av sentrumsområde og samarbeid med næringslivet om miljøvennlege arbeids- og tenestereiser.
Aktivitetar som er i gang, m.a. samarbeid mellom staten og Oslo kommune om å betre miljøet i Groruddalen og nettverks- og kompetansebygging for utvikling av miljøvennlege og attraktive tettstader i distrikta, vil bli førte vidare.
Oppfølging og kontroll:
Dei tiltaka som blir sette i gang blir følgde opp løpande både fagleg og økonomisk. Det blir kravd fagrapportar og rekneskapsrapportar av tilskotsmottakar etter avslutta prosjekt. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskapar. Det vil bli sett i gang forskingsbasert evaluering av iverksette tiltak, og resultata frå evalueringa vil bli nytta i det vidare bypolitiske arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld resultatområda 4, 7 og 8.
Mål:
Målet med ordninga er å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er særs viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt. Ordninga skal òg medverke til at Noreg gjennom nasjonale tiltak oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld klimaendringar, stoff som bryt ned ozon og grenseoverskridande luftforureiningar. Karakteren av tilskotsordninga gjer at det ikkje er praktisk mogleg med ei kunngjering som dekkjer heile målgruppa.
Oppfølging og kontroll:
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå frivillige organisasjonar og rekneskap for andre gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 77 Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån
I 1991 vart det innført ei ny ordning med statsgaranterte miljøvernlån for investeringar i tiltak innan gjenvinning, spesialavfall og miljøteknologi i industrien. Denne vart avvikla frå og med 1997.
Låna er sikra mot pant eller med tilsvarande sikring, f.eks. negativ pantstillingserklæring. I tilfelle gjeldssaneringar, konkursar m.v. blir staten sitt garantiansvar effektivt når den sikring som er etablert ikkje eller berre delvis gir dekning for miljøvernlåna. Det årlege behovet for løyvingar kan ikkje fastsetjast, og forslag til løyving er ikkje oppført. Posten blir nytta til å innfri garantiar som er gitt i samsvar med tidlegare garantifullmakt. For at dette skal kunne skje på ein praktisk måte, og for at staten ikkje skal pådra seg unødige rentekostnader, har departementet fullmakt til å utgiftsføre utan løyving fastslåtte tap under føresetnad av at det så snart det er føremålstenleg blir fremja forslag til løyving for Stortinget. Denne fullmakta blir føreslått ført vidare i 2003, jf. forslag til vedtak IV. Det var eit tap på kr 2 341 000 på ordningane i 2001. Garantiansvaret for dei tre ordningane som er avvikla, men der staten framleis sit med garantiansvar, er samla sett redusert frå om lag 195 mill. kr per 31. desember 2000 til omlag 164,4 mill. kr ved utgangen av 2001.
Tabell 20.2 Garantifullmakter under kap. 1400 post 77
I Garanti for lån i SND
(i 1000 kr) | ||
a) | Tap i 2001 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.01 | 49 502 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2002 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2003 | 0 |
e) | Totalramme i 2003 | 49 502 |
II Garanti frå SND til andre private kredittinstitusjonar på vegne av staten
(i 1000 kr) | ||
a) | Tap i 2001 | 0 |
b) | Garantiansvar 31.12.01 | 4 157 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2021 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2003 | 0 |
e) | Totalramme i 2003 | 4 157 |
III Statsgaranterte lån i private kredittinstitusjonar og SND
(i 1000 kr) | ||
a) | Tap i 2001 | 2 341 |
b) | Garantiansvar 31.12.01 | 110 801 |
c) | Fullmakt, nye tilsegner i 2002 | 0 |
d) | Forslag til fullmakt, nye tilsegner i 2003 | 0 |
e) | Totalramme i 2003 | 110 801 |
Post 78 Miljøtiltak til nikkelverka på Kola, kan overførast
Løyvinga og tilsegnsfullmakta under denne posten gjeld resultatområde 8.
Regjeringa har tidlegare gitt signal til russiske styresmakter om ei løyving på inntil 300 mill. kr for miljøtiltak på Kola i tilknyting til eit reinseprosjekt ved nikkelverket i Petsjenga. Av dette er 30 mill. kr brukt i ein tidleg fase til planlegging og prosjektering.
Regjeringa fremja i St.prp. nr. 84 (2000-2001) forslag om ei løyving til prosjektet på inntil 270 mill. kr, som òg skulle dekkje kostnadene ved forvalting av tilskotet, under føresetnad av at det vart gitt tilfredsstillande skatte- og avgiftsfritak på det norske bidraget. Stortinget slutta seg til dette. Under statsministeren sitt offisielle besøk i juni 2001 vart avtale om fritak på skattar og avgifter inngått, i desember same år vart alle viktige avtaler knytte til prosjektet underteikna. Moderniseringsprosjektet er tredelt. Det går ut på å byggje briketteringsanlegg i Zapoljarny òg å byggje ny smelteomn og ny svovelsyrefabrikk i Nikel. Investeringane på ca. 93,5 mill. USD blir finansierte med tilskotet frå Noreg (inntil 270 mill. kr), eit tilskot frå Sverige på 3 mill. USD medan resten blir dekt av lån frå NIB (30 mill. USD) og eigendel frå Norilsk Nikkel-konsernet. Ombygginga har starta. Norilsk Nikel-konsernet gjer i tillegg omfattande investeringar i gruvedrift, knusing og oppkonsentrering av malm i Zapoljarny. Dette er viktige investeringar for vidare drift av nikkelverket. Det er venta ein reduksjon i utslepp av svoveldioksid, støv og tungmetall på minst 90 % i løpet av år 2006. Dette vil gi merkbar betring av helse og miljø lokalt og for miljøet i Finnmark.
Regjeringa foreslår ei løyving for 2003 på 109,8 mill. kr i tilskot under kap. 1400 post 78. Vidare er det avsett 0,7 mill. kr under kap. 1400 post 21 til å dekkje utgifter ved forvaltning av tilskotet i 2003. Rest på tilsegnsfullmakta blir etter dette 31,9 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Ymse inntekter | 257 | 661 | 87 |
03 | Refusjon fra UD | 600 | ||
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 1 263 | ||
18 | refusjon av sjukepengar | 1 958 | ||
21 | Oppdragsinntekter | 662 | 688 | |
Sum kap 4400 | 3 478 | 1 323 | 1 375 |
Post 02 Ymse inntekter
Departementet føre meir tilfeldige inntekter under denne posten, m.a. gebyr for parkering på området til Miljøverndepartementet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med kr 600 000 i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71.
Post 21 Oppdragsinntekter
Midlane er refusjonar knytte til utgifter i samband med oppdrag innan miljøretta bistand. Eventuelle meir- eller mindreinntekter under denne posten gir på andre sida grunnlag for tilsvarande meir- eller mindreutgifter under kap. 1400 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1401 Opplysningsverksemd, tilskot til organisasjonar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 6 319 | ||
70 | Driftstilskot til frivillige miljøvernorganisasjonar | 31 415 | ||
Sum kap 1401 | 37 734 |
Kapitlet er nedlagt og overført til kapittel 1400 postane 01, 21 og 70.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking (jf. kap. 4410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 80 221 | 90 757 | 90 157 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskningsinstitutta | 85 910 | 85 910 | 92 586 |
51 | Forskningsprogram m.m. | 113 067 | 123 818 | 130 818 |
52 | Rekrutteringsstipend til kvinnelege miljøvernforskarar | 2 100 | 1 100 | 200 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
60 | Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald , kan overførast | 4 059 | 6 000 | 4 000 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 22 151 | 22 151 | 22 151 |
79 | Diverse tilskot | 6 000 | 2 500 | |
Sum kap 1410 | 318 508 | 337 236 | 344 912 |
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking omhandlar basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram m.m., rekrutteringsstipend for kvinnelege miljøvernforskarar og kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald i tillegg til miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområde.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytte til dei miljøvernpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, m.a. utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast er dekte over andre postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett.
Vidare består utgiftene i hovudsak av kjøp av varer og tenester frå forskingsinstitutt mfl. som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Forslaget til løyving på posten er på om lag same nivå som i 2002-budsjettet.
Posten dekkjer bidrag til artsdatabanken og det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biomangfald som blir igangsett i 2003.
Krava til dokumentasjon og betring av avgjerdsgrunnlaget aukar både nasjonalt og internasjonalt. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit nødvendig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde, og kva miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. Vidare pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøvernavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye.
Auka vektlegging av resultatoppfølging og sektoransvar i miljøvernpolitikken gjer det nødvendig med meir systematisk bruk av miljøstatistikk enn tidlegare. Samarbeidsavtala med Statistisk Sentralbyrå har gitt gode oversikter over eksisterande statistikk som kan nyttast i samanheng med miljøovervaking.
Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Løyvinga for 2003 er auka med 0,8 mill. kr i forhold til saldert budsjett 2002, trass i reduksjon på 0,7 mill. kr i refusjon frå Statens fiskefond (jf. omtale under kap. 1425/4425). Det er semje mellom Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet om å foreslå at basisløyvingsansvaret for Senter for klimaforsking (CICERO) blir å føre over frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Miljøverndepartementet frå 1. januar 2003 (jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003 for Utdannings- og forskningsdepartementet)), i samsvar med tilråding frå utvalet som har evaluert CICERO og frå Noregs forskingsråd. Basisløyvinga til CICERO på 5,871 mill. kr blir foreslått overført frå kap. 287, post 54, til kap. 1410, post 50.
Mål:
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vannforsking (NIVA), Senter for jordfagleg miljøforsking (Jordforsk) og Senter for klimaforsking (CICERO) er sentralinstitutt innan sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal tilfredsstille dei behov samfunnet har for å løyse problem på kort og lang sikt innan sine område. NIBR, NILU, NINA, NIKU, NIVA og Jordforsk danna i 2001 selskapet Miljøalliansen AS, som skal medverke til auka verdiskaping og kunnskapsproduksjon i samfunnet.
Posten dekkjer basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, under dette ein del av basisløyvinga til Jordforsk. Noregs forskingsråd gir råd om fordeling av midlane. Basisløyvingane blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Basisløyvinga omfattar grunnløyving og løyving til strategiske instituttprogram, jf. resultatområde 11 i tabellen over resultatområde. Posten inkluderer òg 6,0 mill. kr til nasjonal brukarfinansiering av EU-prosjekt ved miljøinstitutta.
Oppfølging og kontroll:
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med det enkelte institutt for drøftingar av miljøforvaltninga sine kunnskapsbehov. Noregs forskingsråd sin instituttpolitikk medfører at alle institutta skal evaluerast ca. kvart 6. år. Følgjande institutt er evaluerte: NILU (1997), NIVA (1998), Jordforsk (1998), NIKU (1999) og NIBR (2001). Ei samla vurdering av felles problem og samarbeidsområde mellom desse institutta var ferdig hausten 1999. Det vart m.a. konkludert med at basisløyvinga har stor innverknad på institutta si kompetanseutvikling. Grunnløyvinga er framleis eit sentralt verkemiddel for å sikre nødvendig kunnskapsbasis til å utvikle sentrale fagområde som ein ventar vil vere av verdi for forvaltninga. CICERO vart evaluert i 2000.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Posten er foreslått auka med 7,0 mill. kr. Midlane under posten er retta mot alle resultatområde unnateke resultatområde 10 Kart og geodata.
Mål:
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjersler i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekt er lagt på forsking innan klimaendringar, inkl. forsking på biologiske og samfunnsvise effektar som følgje av klimaendringar. Marin forsking og forsking innan biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. I 2002 vart 17 forskingsprogram finansierte over Miljøverndepartementet sitt budsjett, og alle var samfinansierte, hovudsakleg med midlar frå budsjetta til andre departement. Forsking er eit viktig verkemiddel og er derfor nærare omtalt under dei enkelte resultatområda. Det bli framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll:
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyre.
Post 52 Rekrutteringsstipend til kvinnelege miljøvernforskarar
Mål:
Målet er å styrkje kvinnerekrutteringa til miljøvernforskinga.
Midlane under posten er for 2003 reduserte med 0,9 mill. kr i forhold til saldert budsjett 2002, med sikte på ei styrt nedtrapping av stipendprogrammet.
Oppfølging og kontroll:
Miljøverndepartementet har delteke på dei årlege forskarsamlingane som er arrangerte av Noregs forskingsråd.
Post 53 Internasjonalt miljøvernforskingssamarbeid
Mål:
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll:
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som ivaretek den norske medlemskapen.
Post 60 Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og dekkjer tilskot til kommunar for kartlegging og verdiklassifisering av biologisk mangfald.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å stimulere til eit breitt kommunalt engasjement og ansvar innan naturforvaltning.
Oppfølging og kontroll:
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakar leverer sluttrapport. Det blir gjennomført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Posten omfattar alle miljøinstitutta. Det blir gitt tilskot på til saman 22,2 mill. kr til fagleg rådgjeving til miljøvernforvaltninga (til dømes innan rovviltforvaltning og forvaltning av laks), til fagleg deltaking på vegne av miljøvernforvaltninga i internasjonale organ (til dømes helse- og miljøfarlege kjemikaliar i EU-systemet), og på møte som krev spesifikk fagleg kompetanse, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, næringsliv og publikum, kvalitetssikring av data, etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar og bibliotekfunksjonar m.m. Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med det enkelte institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Kap. 4410 Miljøvernforsking (jf. kap. 1410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
50 | Refusjon frå diverse fond | 5 868 | 4 668 | 4 000 |
Sum kap 4410 | 5 868 | 4 668 | 4 000 |
Beløpet gjeld den delen av basisløyvinga til NINA-NIKU som er finansiert ved retningslinjer frå Viltfondet og Statens fiskefond. Refusjonen er noko redusert som følgje av reduserte inntekter til Statens fiskefond. Det blir vist til nærare omtale under kap. 4425 under programkategori 12.20.
Programkategori 12.20 Biomangfald og friluftsliv
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
1422 | Biomangfald, friluftsliv og kulturminne | 16 325 | |||
1425 | Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425) | 87 512 | 68 345 | 61 510 | -10,0 |
1426 | Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426) | 81 831 | 88 952 | 87 657 | -1,5 |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427) | 451 483 | 457 803 | 500 505 | 9,3 |
Sum kategori 12.20 | 637 151 | 615 100 | 649 672 | 5,6 |
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld i hovudsak tre resultatområde; 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver. Midlane som tidlegare låg på kap. 1422 er no lagt inn i kap. 1400 under programkategori 12.10. Det blir elles vist til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettvise endringar i 2003 innanfor dei ulike resultatområda.
Kap. 1422 Biomangfald, friluftsliv og kulturminne
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 16 325 | ||
Sum kap 1422 | 16 325 |
Løyvinga under dette kapitlet vart flytta til kap. 1400 i 2002-budsjettet.
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 33 942 | 31 500 | 25 365 |
60 | Tilskot til kommunal fiskeforvaltning , kan overførast | 4 401 | ||
61 | Tilskot til kommunale vilttiltak , kan overførast | 4 911 | 5 000 | 5 500 |
65 | Fallvilt , kan overførast | 9 006 | ||
70 | Tilskot til fiskeformål , kan overførast | 12 179 | 6 200 | 5 000 |
71 | Tilskot til viltformål , kan overførast | 23 073 | 25 645 | 25 645 |
Sum kap 1425 | 87 512 | 68 345 | 61 510 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er hovudsakleg retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men har samtidig eit klart innslag av tilrettelegging for friluftsliv i form av jakt og fiske, jf. resultatområde 2 Friluftsliv.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, og motsvarer i statsbudsjettet inntekter over kap. 4425 Refusjonar Viltfondet og Statens fiskefond. Dei samla utgiftene over kap. 1425 i 2003 er foreslått reduserte med 6,8 mill. kr i forhold til 2002. Dette skuldast reduserte inntekter til fonda. For nærare utgreiing av forholdet mellom kap. 4425 og 1425 og dei reduserte inntektene til fonda, sjå omtale under kap. 4425.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 01 går til formål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga.
Den vidare utviklinga på dette området må ein sjå i nær samanheng med det strategiske arbeidet, for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på m.a. driftsplanar. Endringane vil gi grunnlag for enklare rollefordeling mellom forvaltningsnivåa, og eit tettare samarbeid mellom den statlege forvaltninga, kommunane, rettshavarane og interesseorganisasjonane om bruken av fondsmidlane.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Løyvinga er føresett å skulle dekkje utgifter til faglege prosjekt og utgreiingar og administrative kostnader knytte til desse prosjekta. Midlane skal nyttast til å leggje til rette for ei langsiktig og berekraftig utnytting av vilt- og fiskeressursane, og allmenta sin tilgang til desse. Midlane dekkjer òg utgifter til lønn og godtgjersler for mellombels tilsette knytte til gjennomføringa av prosjekt og spesielle utgreiingar m.v. I tillegg dekkjer midlane utgifter til forvaltning av tilskotspostane over kap. 1425 og fondsforvaltninga av Statens viltfond og Statens fiskefond med 4,5 mill. kr. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis. Desse utgiftene blir førte ut av posten og inntektsførte på kap. 4427 post 01 som korresponderer med utgifter over kap. 1427 post 01.
Løyvinga på posten må sjåast i lys av at vilt- og fiskeressursane er eit fellesgode. Ein må derfor sikre at desse ressursane blir forvalta på ein forsvarleg måte, og innanfor ramma av ein berekraftig haustingspolitikk. Det overordna ansvaret for dette er lagt til Direktoratet for naturforvaltning som fagdirektorat. Direktoratet må derfor syte for at sentralt drivne overvakingsprogram, FoU og utgreiingar gir fylkesmenn, kommunar, rettshavarar, organisasjonar og andre aktørar eit godt grunnlag for forvaltninga av arter og bestandar.
Posten er foreslått redusert for 2003 med bakgrunn i lågare budsjetterte refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond. Det blir i denne samanhengen vist til omtale av refusjonane under kap. 4425.
Post 60 Kommunal fiskeforvaltning, kan overførast
Posten vart oppheva i statsbudsjettet for 2002 grunna bortfall av inntekter etter fjerninga av fiskaravgifta på fiske etter innlandsfisk og kreps.
Post 61 Tilskot til kommunale vilttiltak, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. I budsjettet for 2003 er det foreslått ein auke på 0,5 mill. kr i løyvinga på posten til tilrettelegging av avgjerdsgrunnlaget for kommunane i viltforvaltninga for ein overgangsperiode.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å medverke til gjennomføring av lokale vilttiltak i kommunane.
Posten skal dekkje utgifter til tiltak innan den lokale viltforvaltninga. Kommunane skal i utgangspunktet sjølve dekkje sine administrative kostnader til viltarbeidet, jf. Ot.prp.nr. 37(1999-2000) Om lov om endring i viltloven. Det er likevel nødvendig å vidareføre høvet til å stimulere og styrkje kommunale viltforvaltningstiltak i ein overgangsperiode. Post 61 er derfor vidareført som ein tilskotspost, der fylkesmannen tildeler midlar til kommunane i tråd med regionalt og kommunalt prioriterte arbeidsoppgåver og tiltak. Direktoratet vil òg leggje til rette for løysingar der kommunane får tilgang til eit fagleg avgjerdsgrunnlag for forvaltning av elg og hjort gjennom overvakingsprogram i regi av NINA, og eit nasjonalt hjorteviltregister i Røyrvik.
Posten skal berre dekkje delar av kommunane sine utgifter til tiltak, jf. at fellingsavgifter for elg og hjort blir kravde inn av kommunen og inngår i kommunale viltfond. Midlane er føresett tildelte kommunane frå fylkesmannen, og prioriterte i forhold til kommunar som sjølve har eit avgrensa inntektsgrunnlag gjennom fellingsavgiftene, dvs. kommunar som har små bestandar av hjortevilt, og der dei kommunale viltfonda bør få tilført midlar til prioriterte tiltak via denne tilskotsposten. Det kan gis tilskot til kartlegging av viltressursane og viltinteressene i kommunane, innarbeiding av viltinteressene i kommunale planar, oppretting og drift av driftsplanområde, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, delfinansiering av kompetansegivande etter- og vidareutdanning i viltforvaltning og andre oppgåver som følgjer av kommunane si mynde etter viltlova. Det kan ikkje ytast tilskot til å dekkje administrative kostnader i kommunane. Det skal særleg leggjast vekt på å styrkje interkommunale fellesprosjekt som omfattar kommuneovergripande viltbestandar. Direktoratet kan vidare disponere midlar frå posten til felles tiltak for kommunane, under dette kjøp av tenester i hjortevilt-registeret i Røyrvik.
Tildeling skjer på bakgrunn av søknader og melde behov frå kommunane, og fordelingsnøklar av objektiv karakter.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarane.
Post 65 Fallvilt, kan overførast
Frå 2002 ligg alt ansvar for fallvilt hos kommunane, og posten er derfor fjerna.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70.1 | Tilskot til sentralt styrte tiltak | 6 415 | 6 200 | 5 000 |
70.2 | Tilskot til lokalt styrte tiltak | 5 764 | ||
Sum post 70 | 12 179 | 6 200 | 5 000 |
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og resultatområde 2 Friluftsliv. Oppdelinga i underpostar vart oppheva i 2002-budsjettet, men løyvinga skal framleis gå til både å dekkje lokalt og sentralt styrte tiltak. Posten er foreslått redusert med 1,2 mill. kr som følgje av reduserte refusjonar frå Statens fiskefond til kap. 4425 post 52, jf. omtale av dette under kap. 4425.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å medverke til forvalting og tiltak knytte til berekraftig bruk av anadrom laksefisk, til beste for fiskarar og rettshavarar.
Tilskot blir gitt tiltak i regi av lag og organisasjonar etter søknad. Det kan gis tilskot til investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande formål, anvendt forsking og overvaking.
Oppfølging og kontroll:
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Tilskot til FoU blir kontrollert spesielt i forhold til dei forventningane som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 8 779 | 7 000 | 7 000 |
71.2 | Villreintiltak | 1 683 | 1 700 | 1 700 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 6 950 | 10 945 | 10 945 |
71.4 | Viltovervaking | 5 661 | 6 000 | 6 000 |
Sum post 71 | 23 073 | 25 645 | 25 645 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Mål:
Målet for tilskotsordninga er å medverke til gjennomføring av oppgåver innan viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar der tiltaket har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Bruken av tilskotsmidlane vart endra i 2001 som ei følgje av omleggingsarbeidet i forhold til kommunane, jf. Ot.prp nr 37 (1999-2000) samt Innst. O. nr. 80 (1999-2000) og Besl. O. nr. 92 (1999-2000). Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. For 2003 er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, midlar frå post 61, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett ivaretekne ved at fylkesmennene forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå DN. På bakgrunn av søknader innanfor prioriterte satsingsområde må fylkesmannen ha verkemiddel som kan stimulere til regionale utviklingsoppgåver, og som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak, under dette tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Tildeling til fylkesmennene skjer etter nøklar baserte på m.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m. Fylkesmennene fordeler midlane vidare etter søknad.
Tiltak som kan få tilskot er kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, kartlegging og iverksetjing av tiltak med formål å betre bestandsoversikter, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, FoU og studentoppgåver, organisasjonar, lag og foreiningar som ønskjer å iverksetje tiltak, og andre prioriterte viltføremål. Det kan òg gis tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve.
Oppfølging og kontroll:
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til handlingsplan for forvaltning av hjortevilt som er utarbeidd i samarbeid mellom forvaltninga og organisasjonane i 1995. Underposten skal òg dekkje dei sentrale overvakingsprogramma for bestandsutvikling og samansetning, og programmet for helseovervaking av hjortevilt. Midlar blir òg nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m. m., og forvaltningsretta FoU og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, driftsplanar, arbeid med å sikre leveområda, forvaltningsretta FoU- og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m. v.
Midlane blir nytta til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, forvaltningsretta FoU knytt til dokumentasjon og overvaking av biologisk mangfald, og sentrale utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta til overvakingsoppgåver som skal sikre ei løpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt, som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Dei sentrale overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.
Kap. 4425 Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
51 | Refusjon frå viltfondet | 58 545 | 52 145 | 48 510 |
52 | Refusjon frå statens fiskefond | 29 000 | 16 200 | 13 000 |
Sum kap 4425 | 87 545 | 68 345 | 61 510 |
Under dette kapitlet er budsjettert hovuddelen av refusjonane til statsbudsjettet basert på inntektene frå jeger- og fiskaravgiftene til Viltfondet og Statens fiskefond. Refusjonane under kap. 4425 gir grunnlag for tilsvarande utgifter som er budsjetterte under kap. 1425 Vilt- og fisketiltak.
Dei samla refusjonane frå Viltfondet og Statens fiskefond over kap. 4425 er i budsjettet for 2003 reduserte med 6,8 mill. kr i forhold til 2002, jf. omtalen under post 51 og 52. Forslaget er basert på overslag over venta inntekter i fonda i 2003, og særskilt bruk av kapitaliserte inntekter i fonda frå tidlegare år, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 51 Refusjonar frå Viltfondet
Under denne posten blir omtalt hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Viltfondet til statsbudsjettet. Viltfondet refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50, og til kap. 3904, jf. omtale nedanfor.
Refusjonane frå Viltfondet til posten er foreslått reduserte med 3,6 mill. kr. Dette som følgje av venteleg reduserte inntekter i Viltfondet i 2003. Ein går ut frå at færre jegerar vil måtte betale gebyr i 2003 grunna manglande statistikkrapportering, enn i 2002.
Nærare om Viltfondet
Mål:
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt eller fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal brukast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegerservice.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar:
Inntektene til Viltfondet kjem i all hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering gjennom pålagde avgifter og gebyr. I tillegg kjem meir tilfeldige typar inntekter til fondet frå enkelte typar fallvilt og frå renter av fondskapitalen.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og inntektsfører desse i kommunale viltfond. Dette blir ført vidare tilnærma uendra. Omleggingsarbeidet blir følgt opp løpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er nå fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår .
Jegeravgiftene og fellingsavgiftene er for 2003 foreslått haldne ved lag på same nivå som for 2002, jf. tabell under. For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunen i 2003 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt.
Tabell 19.2 Foreslåtte jeger- og fellingsavgifter i 2003 (tal i heile kroner):
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2003 | Estimert tal innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt: | 240 | 192 000 | 46 080 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 60 | 80 000 | 4 800 000 | Viltfondet |
Gebyr jaktstatistikk: | 150 | 10 000 | 1 500 000* | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 50 | 4 600 | 230 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 210 | 5 800 | 1 218 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 120 | 1 800 | 216 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 54 044 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 400 | 25 400 | 10 160 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 230 | 12 600 | 2 898 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 300 | 17 500 | 5 250 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 180 | 5 000 | 900 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 19 208 000 | Kommunane |
(*Innkrevjing av gebyret skjer etterskotsvis i 2003, for dei som ikkje leverte jaktstatistikk i 2002. Talet er vurdert til ca 10.000 )
Tabell 19.3 Berekning av kapital i Viltfondet i 2003:
Tekst: | Beløp (i 1000-kr): |
---|---|
Saldo pr. 31.12.01: | 6 833 |
Budsjettert innbetalt 2002: | 58 500 |
Budsjettert refusjon 2002: | -58 645 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.02: | 6 688 |
Budsjettert innbetalt i 2003: | 54 044 |
Budsjetterte refusjonar i 2003 (utbetalingar frå fondet): | - 56 010 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.03: | 4 722 |
Etter innføring av gebyr for å late vere å rapportere utbytte av jakta til statistiske føremål har statistikkgrunnlaget blitt vesentlig betra. Etter at det i 2001 var relativt mange jegerar som let vere å rapportere, er det venta at denne delen blir redusert til mindre enn 5 % i 2002/2003.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen under. Av tabellen går det fram at det er budsjettert med å tære på fondskapitalen med ca. 2,0 mill. kr.
Administrasjon og økonomiforvaltning:
Kapitalen i Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene og fordelinga av midlar blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den årlege ramma skal normalt svare til fondet sine stipulerte inntekter same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og bli kapitaliserte i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Refusjonane frå Viltfondet som blir førte under kap. 4425, kap. 4410 og kap. 3904, finansierer utgifter til vilttiltak og viltforvaltning over kap. 1425, forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50 og utgifter til drift av Jegerregisteret i Brønnøysundregistra over kap. 0904 under Nærings- og handelsdepartementets budsjett, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Nærings- og handelsdepartementet.
I budsjettet for 2003 er 4,5 mill. kr foreslått refunderte til kap. 3904 Brønnøysundregistra. Dette er ein auke på 1,0 mill. kroner i forhold til 2002.
Den samla budsjettering av refusjonane frå Viltfondet går fram av tabellen under:
Tabell 19.4 Samla refusjonar frå Viltfondet i 2003:
Formål: | Refusjonar (i 1000-kr): |
---|---|
Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01): | 1 000 |
Sentrale fallviltutgifter (kap. 1425.01): | 1 000 |
Prosjekt, administrasjon m.v. (kap. 1425.01): | 16 365 |
Kommunal viltforvaltning (kap. 1425.61): | 5 500 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 7 000 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 1 700 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 10 945 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 6 000 |
Sum refusjon frå Viltfondet under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 48 510 |
Viltforsking, NINA (kap. 1410.50 jf. kap. 4410.50): | 3 000 |
Drift av Jegerregisteret (kap. 0904 jf. kap. 3904): | 4 500 |
Sum refusjon frå Viltfondet i 2003: | 56 010 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har fått primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet, gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar dei særskilt til nødvendige nasjonale oppgåver. Samtidig er det eit mål at avgiftsnivået for hjorteviltjegerane totalt sett ikkje skal auke. Dette er ivareteke gjennom at fellingsavgiftene nå blir kravde inn etterskotsvis.
Departementet har gjennomført ein gjennomgang av fellingsavgiftene på villrein. Departementet har komme til at det ikkje vil vere føremålstenleg med ei ordning for innkrevjing og innbetaling av fellingsavgift som tilsvarar den som er etablert for elg og hjort. Dette heng saman med at villreinnemndene er statlege nemnder. Omsetninga av fellingsavgift er årleg på ca 1,3 mill. kr. Det vil derfor ikkje vere føremålstenleg at villreinnemndene blir etablerte som eigne rekneskapsførande einingar, med tilhøyrande krav og plikter i forhold til økonomihandteringa. Direktoratet for naturforvaltning vil derfor i løpet av 2003 og 2004 fase inn eit opplegg der innbetalte avgifter i eit år blir tilbakeførte i form av budsjett til det villreinområde midlane er innbetalte frå. På grunn av at midlar blir kravde inn etterskotsvis, vil innbetalte midlar i år kunne rekneskapsførast separat i Direktoratet for naturforvaltning og tilbakeførast villreinnemndene neste år. Dette vil etter departementet sitt syn sikre den nødvendige parallelliteten i forhold til ordninga for elg og hjort, utan at det eksisterande systemet krev ei fullstendig omlegging.
Når det gjeld fallvilt, er det framleis eit behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må framleis gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt, er budsjetterte under kap. 1425 post 01.
Post 52 Refusjonar frå Statens fiskefond
Under denne posten er omtalt hovuddelen av dei midlane som blir refunderte frå Statens fiskefond til statsbudsjettet. Statens fiskefond refunderer i tillegg midlar til kap. 4410 post 50.
Refusjonane frå Statens fiskefond til posten er foreslått reduserte med 3,2 mill. kr som følgje av venta nedgang i inntektene til fondet, jf. omtale under om inntekter og avgiftssatsar.
Tabell 19.5 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2003:
Tekst: | Beløp (i 1000-kr): |
---|---|
Saldo pr. 31.12.01: | 3 806 |
Budsjettert innbetalt 2002: | 14 000 |
Budsjettert refusjon 2002: | - 16 868 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.02: | 938 |
Budsjettert innbetalt i 2003: | 14 000 |
Budsjetterte refusjonar i 2003 (utbetalingar frå fondet): | - 14 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.03: | 938 |
Nærare om Statens fiskefond:
Mål:
I lov om laksefisk og innlandsfisk m.v., § 30, heiter det at den som er fylt 16 år og vil fiske etter anadrom laksefisk eller innlandsfisk skal betale avgift til fiskefondet.
Det er gitt visse unntak, m.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsføremål. Som ei følgje av bortfallet av fiskaravgift på alt fiske etter innlandsfisk frå og med 2002, er følgjande retningslinjer for bruken av midlar frå Statens fiskefond lagt til grunn:
Statens fiskefond skal nyttast til forvaltningstiltak knytte til anadrom laksefisk og som kjem samfunnet og allmenta til gode; under dette investeringar, spesielle driftsutgifter til fiskefremjande føremål, fiskeforsking og overvaking.
Den årlege fordelinga av midlane mellom formåla som nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er føresett at omlag halvparten av fondet sine inntekter skal gå til lokale tiltak.
Inntekter og avgiftssatsar:
Inntektene til Statens fiskefond består av fiskaravgift og renter av kapitalen i fondet. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er basert på brukarfinansiering gjennom pålagd avgift.
Avgiftene for fiske etter anadrom laksefisk er for 2003 føreslått haldne på same nivå som for 2002.
Tabell 19.6 Samla refusjonar frå Statens fiskefond i 2003:
Formål: | Refusjonar (i 1000 kr) |
---|---|
Prosjekt, administrasjon m.v. (kap. 1425.01): | 8 000 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 5 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond under kap. 1425, jf. kap. 4425: | 13 000 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Sum refusjon frå Statens fiskefond i 2003 | 14 000 |
Plikta til å betale fiskaravgift til staten for fiske etter innlandsfisk vart fjerna frå og med 2002.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen under. Det er budsjettert med ein nedgang i inntektene til fondet. Ei oppteljing etter sommaren 2002 viser at markert færre personar har løyst fiskeavgift for fiske etter anadrom laksefisk enn tidlegare år. Det blir arbeidd med å avklare årsakene og iverksetje tiltak for å få auka talet på innbetalingar. Departementet har likevel lagt til grunn at inntektene i 2003 blir på same nivå som det ser ut for i 2002.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Kapitalen til Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene og fordelinga av midlar blir budsjetterte over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den årlege ramma skal normalt svare til dei inntekter ein ventar at fondet vil ha same år. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Refusjonane frå Statens fiskefond finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (jf. kap. 4425) og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50 (jf. kap. 4410 post 50).
Den samla budsjetteringa av refusjonane frå Statens fiskefond går fram av tabellen under.
Spesielt om lokal bruk av midlane
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, vil ein arbeide for at minst 50 % av midlane går til lokale tiltak. Lokale tiltak er tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meint å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir òg rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte frå offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 50 773 | 49 495 | 48 200 |
30 | Tiltak i nasjonalparkane , kan overførast | 2 935 | 4 791 | 7 791 |
31 | Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftsområde , kan overførast | 9 883 | 13 971 | 16 971 |
32 | Skjergardsparkar o.a. , kan overførast | 12 587 | 15 195 | 14 195 |
70 | Tilskot til naturoppsyn , kan overførast | 654 | 500 | 500 |
71 | Bru til Tautra , kan overførast | 5 000 | 5 000 | |
Sum kap 1426 | 81 831 | 88 952 | 87 657 |
Kap. 1426 Statens naturoppsyn omfattar midlar til etablering og drift av Statens naturoppsyn (SNO) og midlar til tiltak i natur- og friluftsområde.
Statens naturoppsyn si rolle og oppgåver:
Statens naturoppsyn (SNO) vart etablert i 1997 med heimel i lov om statleg naturoppsyn av 21.06.1996, jf. Ot.prp. nr. 30 (1995-96). SNO er under utvikling og arbeider for å etablere eit samla grep om statleg oppsynsinnsats i naturområde. Hovudoppgåvene er informasjon og vegleiing, i tillegg til m.a. kontroll, registrering, dokumentasjon, skjøtsel og drift. I dette inngår òg viktige oppgåver innan rovviltforvaltninga, m.a. bestandsregistrering og skadedokumentasjon knytt til den lovfesta erstatningsordninga. SNO har òg eit overordna ansvar for lakseoppsynet og oppfølginga av ordninga med skjergardstenesta. Det blir lagt stor vekt på å etablere godt samarbeid med dei andre aktørane innan naturoppsyn, og særleg er samordning med politiet viktig når det gjeld oppgåver knytte til kontroll. Ei viktig utfordring for oppsynet er å skape forståing og respekt for regelverket som finst på dette området. Den nasjonale leiinga er lagt til Direktoratet for naturforvaltning, mens hovudtyngda av arbeidet skjer lokalt i område der behovet for styrkt oppsyn er størst. Verksemda er basert dels på eige feltpersonale og dels på kjøp av tenester og samarbeid med andre oppsynsordningar lokalt og regionalt. Det heiltidstilsette oppsynet er tilsett i Direktoratet for naturforvaltning, men har arbeidsstad lokalt tilknytt eit definert, geografisk område.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til Statens naturoppsyn. Posten dekkjer òg lønn til engasjement i den sentrale eininga i Direktoratet for naturforvaltning, og ulike tenestekjøp i samband med drifta av oppsynet og samarbeid med politiet. Posten dekkjer òg utgifter til dei lokale rovviltkontaktane som arbeider med dokumentasjon av rovviltskadar.
Posten dekkjer vidare utgifter til IT- og sambandsutstyr, feltutstyr, uniform/arbeidstøy, opplæringstiltak, informasjonsmateriell, tiltak innan naturvegleiing m.v., og utviklingskostnader. Posten dekkjer òg mindre utgifter knytte til sal av nasjonalparkprodukt, og oppdragsverksemd der dei tilsvarande inntektene er budsjetterte på kap. 4426 post 01.
Løyvinga er noko redusert i høve til 2002. Dette medfører reduserte løyvingar frå SNO til politiet, andre oppsynsaktørar og fylkesmennene.
Eventuelle mindreinntekter under kap. 4426 post 01 medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1426 post 01.
Post 30 Tiltak i nasjonalparkane, kan overførast
Posten dekkjer statlege investeringsutgifter i samband med forvaltninga av nasjonalparkane og tilliggjande verneområde i tråd med godkjent forvaltningsplan og andre styringsdokument. Vidare dekkjer posten utgifter til tilretteleggingstiltak av ulike slag i samband med styringa av ferdsla inntil og i nasjonalparkane. Posten er foreslått auka med 3,0 mill. kr til styrking av lokal forvaltning og skjøtselstiltak i samband med nasjonalparkar.
Post 31 Tiltak i naturvern-, kulturlandskaps- og friluftslivsområde, kan overførast
Posten dekkjer utgifter til ulike praktiske tiltak som følgjer av statleg tileigning av nasjonalt eller regionalt viktige friluftslivsområde, eller varige servituttavtaler for å sikre allmenta sine friluftsinteresser i slike område. Posten dekkjer òg feltvise utgifter i naturområde freda ved kgl. res. Dette er m.a. utgifter til opparbeiding av stiar, tilrettelegging for publikum, uteinformasjonstiltak m.v. I tillegg kan midlane på posten nyttast til skjøtselstiltak innan dei høgst prioriterte kulturlandskapsområda for å ivareta særleg viktige biologiske verdiar. Posten er foreslått auka med 3,0 mill. kr.
Post 32 Skjergardsparkar m.v., kan overførast
Posten er primært retta mot resultatområde 2 og dekkjer utgifter til den praktiske forvaltninga av skjergardsparkar og friluftslivsområde langs kysten knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, i skjergardsparkane og i Vestkystparken. Skjergardstenesteordninga er etablert med bakgrunn i statleg initiativ. Posten skal òg dekkje utgifter til forvaltningsoppgåver/områdeforvaltning, under dette nødvendige merkje- og oppsynsoppgåver i samband med skjergardsparkane og andre friluftslivsområde i kystsona som er sikra av staten.
Løyvinga er noko redusert i høve til 2002. Dette vil medføre redusert omfang av tiltak i skjergardsparkar m.v. Utgiftsnivået til drift av skjergardstenesta vil bli halde ved lag.
Post 70 Tilskot til naturoppsyn, kan overførast.
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å støtte opp om oppsynsaktivitetar i regi av frivillige organisasjonar der dette vil fungere som eit viktig supplement til aktivitetar som blir utførte av Statens naturoppsyn (SNO).
Spesielt vil det vere aktuelt å gi tilskot til førebyggjande tiltak mot faunakriminalitet. Tilskot gis til tiltak i regi av kompetente organisasjonar etter søknad. Tilskot kan m.a. gis til planlegging og gjennomføring av arbeid i felt og oppsynsrelevant kurs-, opplærings- og informasjonsverksemd innan dei aktuelle organisasjonane.
Oppfølging og kontroll:
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Post 71 Bru til Tautra, kan overførast
Løyvinga på posten fell bort frå og med budsjettåret 2003 i tråd med føresetnadene for finansiering av brua til Tautra.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn (jf. kap 1426)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Ymse inntekter | 40 | 106 | 110 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 48 | ||
Sum kap 4426 | 87 | 106 | 110 |
Post 01 Ymse inntekter
På posten er ført ulike inntekter for Statens naturoppsyn, under dette inntekter frå sal av nasjonalparkprodukt, inntekter frå oppdragsverksemd o.l. Eventuelle mindreinntekter på posten medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1426 post 01.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 118 158 | 68 086 | 75 371 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 32 333 | 27 439 | |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde , kan overførast | 35 551 | 24 405 | 26 405 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar , kan overførast | 12 450 | 17 750 | 19 450 |
33 | Statlege tileigningar, barskogvern , kan overførast | 35 808 | 70 926 | 110 295 |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar , kan overførast | 1 185 | 2 100 | 2 100 |
60 | Kommunal naturforvaltning , kan overførast | 5 111 | ||
70 | Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål , kan overførast | 103 295 | 98 200 | 98 200 |
72 | Vederlag for rovviltskade , overslagsløyving | 82 252 | 83 123 | 86 365 |
73 | Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak , kan overførast | 37 995 | 36 500 | 32 000 |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak , kan overførast | 7 624 | 11 670 | 10 170 |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 831 | 1 010 | 1 010 |
76 | Tilskot til kulturlandskapstiltak , kan overførast | 1 518 | ||
77 | Tilskot til naturinformasjonssenter , kan overførast | 5 404 | 6 400 | 6 400 |
78 | Friluftsrådenes landsforbund og interkommunale friluftsråd , kan overførast | 4 300 | 5 300 | 5 300 |
Sum kap 1427 | 451 483 | 457 803 | 500 505 |
Direktoratet for naturforvaltning si rolle og oppgåver:
Direktoratet for naturforvaltning er Miljøverndepartementet sitt sentrale rådgjevande og utøvande fagorgan innan naturforvaltninga. Direktoratet har tverrfagleg kompetanse med basis i kunnskap om økologi, arealforvaltning og friluftsliv, og er temasenter for økologi og biologi. Direktoratet skal ha brei oversikt over naturtilstanden og skal kunne rapportere løpande om denne. Direktoratet har fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane ved fylkesmannsembeta. Direktoratet er òg delegert ansvar for økonomi- og overordna personalsaker for desse.
Dei konkrete miljømåla som direktoratet arbeider mot er gitt att under omtalen av resultatområde. Desse er oppsummerte i dei overordna måla for Direktoratet for naturforvaltning som er å bevare biologisk mangfald og å verne og styrkje allemannsretten. Hovudstrategiane for å nå måla er:
Sikre variasjonsbreidda i norsk natur og landskap og halde oppe den naturlege produksjonsevna
Syte for at omsynet til ei langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved areal- og vassdragsplanlegging og planar om naturinngrep
Fremje høva til å bruke naturen til friluftsliv, opplæring og hausting
Skaffe fram og formidle kunnskap som grunnlag for ei aktiv og førebyggjande naturforvaltning
Stortinget sitt oppmodingsvedtak om eigen post for tiltak og forsking til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og andre tiltak for å styrkje villaksstammene
Ved behandlinga av Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2002, fatta Stortinget i Budsjett.innst. S. nr. 9 vedtak (nr. 70) om å opprette ein eigen post for tiltak og forsking til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og andre tiltak for å styrkje villaksstammene.
Tiltaka som er finansierte over statsbudsjettet for å styrkje dei ville laksebestandane er av ulik karakter, omfang og innretning. Tiltaka omfattar forsking og lokal tilrettelegging, og sentrale tiltak og prosjekt i regi av Direktoratet for naturforvaltning. Ettersom tiltaka både omfattar statlege driftsutgifter, løyvingar til forskingsprogram og tilskot til private, er løyvingane budsjetterte på forskjellige postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett, under dette kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter, kap. 1410 post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, kap. 1410 post, 51 Forskings-program m. m., kap. 1425 post 01 Driftsutgifter, kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål, kap. 1426 post 01 Driftsutgifter, kap 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter og kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål.
Ei samanslåing av løyvingane til tiltak og forsking til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og andre tiltak for å styrkje villaksstammene, vil vere i strid med vedtekta i Løyvingsreglementet § 5 som gir retningslinjer for inndelinga av statsbudsjettet. Miljøverndepartementet oppfattar derfor at Stortinget sin intensjon med vedtaket er å få ei samla oversikt over dei totale løyvingane som blir nytta til villaksen. For å følgje opp Stortinget sitt vedtak, er det i nedanståande oppstilling gjort greie for kor stor del av budsjettet under dei respektive kapitla og postane som blir nytta til dette formålet. Ei slik oppstilling vil bli teken inn i den årlege budsjettproposisjonen, for å imøtekomme ønsket frå Stortinget om ei samla oversikt over desse utgiftene.
I budsjettet for 2003 vil det bli disponert om lag 77 mill. kr til arbeidet med å ta vare på dei ville laksebestandane. Midlane er budsjetterte på:
kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter med 4,5 mill. kr til auka innsats for dei ville laksebestandane.
kap 1410 post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta med om lag 1 mill. kr til nasjonale forskingsoppgåver knytte til dei ville laksebestandane,
kap. 1410 post 51 Forskingsprogram m. m. med 7,2 mill. kr til forskingsprogrammet om villaks,
kap. 1425 post 01 Driftsutgifter med om lag 8 mill. kr til ulike bevaringstiltak,
kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeføremål med om lag 5 mill. kr til lokale tiltak,
kap. 1426 post 01 Driftsutgifter med om lag 5 mill. kr til lakseoppsyn,
kap. 1427 post 21 Spesielle driftsutgifter med om lag 7 mill. kr til særskilte tiltak mot Gyrodactylus salaris,
kap. 1427 post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål med om lag 40 mill. kr til tiltak for bevaring av laksestammene i forsuringsramma vassdrag.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette, utgifter til it-tenester og omstillings- og utviklingstiltak, og utgifter til husleige og andre driftsutgifter for Direktoratet for naturforvaltning.
Auken på posten skuldast ei omdisponering av 7,0 mill. kr som i 2002-budsjettet låg på direktoratet sin post 21 for spesielle driftsutgifter. Midlane representerer utgifter knytte til inntekt over kap. 4427 post 01 Ymse inntekter. Omdisponeringa er gjort fordi det viste seg å vere praktiske og rekneskapsmessige problem knytte til at desse midlane låg under 21-posten. Forholdet er òg retta opp i 2002-budsjettet gjennom budsjettendringar i samband med revidert nasjonalbudsjett, jf. St.prp. nr. 63 (2001-2002) og B.innst.S. nr. II (2001-2002).
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Eventuelle mindreinntekter på posten medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1427 post 01
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten vart oppretta i statsbudsjettet for 2002 for å dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som direktoratet utfører, og utgifter som er knytte til inntekter over kap. 4427. Dei fleste av midlane på posten var i statsbudsjettet for 2001 løyvde over kap. 1427 post 01.
Det er omdisponert 7,0 mill. kr til kap. 1427 post 01 av tekniske årsaker, mens 0,5 mill. kr er overførte til posten frå kap. 1427 post 73 til dekning av auka utgifter til drift av rovviltutval og nemnder.
Dei faglege prosjekta består av arbeid knytt til bevaring av fjellreven, vassdragsforvaltning, fiskeforvaltning, konsekvensutgreiingar, arbeidet med strandsona, forutan møtegodtgjersle for rovviltnemnder og gaupe- og jervenemnder. Utgifter til drifta av Kongsvold Fjeldstue og Songli forsøksgard blir òg dekte over posten. Det er sett av midlar til tilsynsutval for nasjonalparkar, møtegodtgjersle for sentrale rovviltutval, lokal forvaltning i Setesdal-Vesthei, og til tiltak for dei ville laksebestandane med vekt på arbeidet mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.
Departementet vil auke innsatsen for fjellreven. Vidare vil ein leggje meir ressursar i arbeidet med å få fram nasjonalparkplanen. Innsatsen mot lakseparasitten G. Salaris blir styrkt. Dette inneber at omfanget av den andre faglege aktiviteten må reduserast.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4427 post 09 og post 54, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Eventuelle mindreinntekter under desse postane medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1427 post 21.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv. Staten har det økonomiske ansvaret for å sikre særskilde friluftsområde av nasjonal og regional verdi som f.eks. skjergardsparkar (jf. kap. 1426 post 32). Staten investerer òg i kommunal sikring av lokalt viktige friluftsområde i byar og tettstader gjennom bidrag til sikring mot tinglyst bandlegging av arealbruken til allment friluftsliv.
Sikringa blir gjennomført ved tileigning eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle òg ved ekspropriasjon eller ved vilkår til konsesjon. I tillegg til sikring av friluftsområde skal midlane òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene som f.eks. førehandstakstar, plan- og oppmålingsarbeid, fagleg hjelp, trykking av plandokument, rapportar m. v.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Direktoratet for naturforvaltning har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at staten sine vilkår er oppfylte.
Posten blir foreslått styrkt med 2,0 mill. kr til sikring/kjøp av friluftsområde som oppfølging av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv. Forslag inneber behov for tilsegnsfullmakt på 11,2 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII.
Det blir elles vist til nærare omtale av sikringsarbeidet under resultatområde 2 Friluftsliv.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald. Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturvernlova. Forutan erstatning og vederlag ved kjøp, skal midlane på denne posten òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av verneplanane, som trykking av verneplanar, grensemerking, utarbeiding av skjøtselsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, annonsering m.v.
Gjennomføringa av fylkesvise verneplanar vil i 2002 følgje tidlegare fastsett vernetempo, dvs. ei sluttføring av arbeidet med dei fylkesvise verneplanane som gjenstår i løpet av 2005. I tråd med dette er løyvinga på posten føreslått auka med 1,7 mill. kr. Ut frå dei kostnadsoverslag vi har i dag gir dette behov for ei ramme for nye tilsegner på til saman 20,3 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på til saman 51,0 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII. Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 33 Statlege tileigningar, barskogvern, kan overførast
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tap eigarar og rettshavarar har ved barskogvern etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av barskogsområde som er verna eller føresett verna etter naturvernlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med forvaltninga av innkjøpte eigedommar. Vederlagsordninga for grunneigarar som hadde område på bruttolista for barskogvern vart avvikla i 2002, i samband med at det vedtekne barskogvernet vart endeleg gjennomført med vedtak av delplan Aust-Norge fase II. Vederlagsordninga for dei områda der det er innført meldeplikt fram til 1. august 2003 skal òg dekkjast av posten. Det er utrekna at dette vil utgjere ca. 1 mill. kr i 2003.
Forutan erstatning og vederlag ved kjøp, skal midlane på denne posten òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av barskogplanane, som utgifter i tilknyting til makeskifte, under dette utgifter til eigedomsforvaltning i den perioden staten er grunneigar, trykking av verneplanar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, annonsering m. v.
Barskogvernet vart gjennomført i 2002 i tråd med Stortinget si behandling av stortingsmeldinga om barskogvern, jf. St.meld. nr. 40 (1994-95) (med evt. unnatak for 30 km2 i samband med utvidinga av Øvre Pasvik nasjonalpark). Det vil vere behov for både løyving og tilsegnsfullmakt på posten i fleire år framover fram til erstatningsoppgjer for dei vedtekne verneområda er gjennomførte.
Det vedtekne barskogvernet som er gjennomført fram til og med 2002, jf. Stortinget si behandling av stortingsmeldinga om barskogvern (St.meld. nr. 40 (1994-95)), har blitt noko meir kostnadskrevjande enn kva ein tidlegare trudde. Dette har ikkje påverka framdrifta i barskogvernet ut over det som Stortinget tidligare er orientert om i dei årlege budsjettframlegga.
Løyvinga på posten er føreslått auka med 39,4 mill. kr. Dette er i tråd med overslaget for midlar som kjem til utbetaling. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til kjøp av makeskifteareal, jf. Stortinget sine merknader i Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Ut frå dagens kostnadsoverslag er det behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 124,3 mill. kr, jf. forslag til vedtak VII.
Løyvinga kan overskridast med inntekter frå sal av makeskifteareal under kap. 4427 post 40, jf. forslag til vedtak II nr. 3. Inntil 8 mill. kr av løyvinga kan nyttast til kjøp av areal som seinare kan makeskiftast med areal som blir verna, jf. forslag til vedtak VIII.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkplanen, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturvernlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på denne posten òg dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen, som utgifter i tilknyting til trykking av verneplanutkast, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, annonsering m.v.
Gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991-1992), vil følgje ei framdrift som sikrar at planen er sluttført i år 2010. Det er føreslått ein auke i tilsegnsfullmakta på posten med 33,2 mill. kr. Auken er nødvendig for å halde oppe det tempoet som må til for å sikre gjennomføring av nasjonalparkplanen innan fastsett tidsramme. Ut frå dagens kostnadsoverslag gir dette behov for ei ramme for nye tilsegner på til saman 46,6 mill. kr og ei tilsegnsfullmakt på til saman 58,2 mill. kr for 2003, jf. Forslag til vedtak VII. Det blir òg vist til kap. 1427 post 21, der løyvingsforslaget for 2002 inkluderer ei vidareføring av midlar til dekning av driftsutgifter knytte til gjennomføringa av nasjonalparkplanen.
Det blir elles vist til nærare omtale av verneplanarbeidet under resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Post 60 Kommunal naturforvaltning, kan overførast
Posten vart nedlagt i budsjettet for 2002. Løyvinga har dekt tilskot til Aksjon Vannmiljø. Alle tilsegner til formålet er utbetalte.
Post 70 Tilskot til kalking og lokale fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og delar av resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
2,3 mill. kr av løyvinga under posten er, som i statsbudsjettet for 2002, sett av til tiltak retta mot tilrettelegging av fiske for allmenta.
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på det biologiske mangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør og andre alvorlege menneskeskapte trugsmål. Vidare skal tilskotsordninga nyttast til å avdekkje behov for nye tiltak eller gi grunnlag for innsats som kan redusere behovet for kalking i Noreg. I tillegg skal ordninga medverke til å betre høva for fritidsfiske. Tilskotsordninga blir forvalta dels av Direktoratet for naturforvaltning og dels av fylkesmennene.
Tildelingskriterium:
Tilskot kan gis til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskrida. I tillegg vil m.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurderte ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Tilskot kan m.a. gis til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til tiltak innan fiskekultivering og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag og til utprøving av kalking og alternative tiltak i terrenget. Posten dekkjer òg informasjon om effektar av utførte tiltak og vegleiing om kalking i vatn og vassdrag. I tillegg gis tilskot til tiltak som gir allmenta betre høve til å fiske. Delar av tilskotsordninga er bundne i langsiktige tiltak.
Tilskotsmottakarar er organiserte lag som jeger- og fiskarforeiningar, fiskelag, grunneigarlag o.l., og kommunar.
Ved tildeling av midlar skal det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss felles eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a.
Oppfølging og kontroll:
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved oppfølgjande undersøkingar av vasskvalitet og fiskebestandar.
Ved behandlinga av budsjettproposisjonen for 2002 bad Stortinget departementet utgreie moglege negative effektar av kalking for det biologiske mangfaldet. Direktoratet for naturforvaltning har fått utarbeidd ein rapport om dette. Rapporten går gjennom ei rekkje moglege negative effektar av kalkingsverksemda knytte m.a. til variasjonar i pH og konsentrasjonar av kalsium, effektar av aluminium, sedimentasjon av kalk i innsjøar, vekst av krypsiv og drift av kalk ved helikopterkalking. Hovudkonklusjonen er at med unnatak for forbigåande effektar har kalkinga få negative verknader på det biologiske mangfaldet.
Post 72 Vederlag for rovviltskade, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
72.1 | Vederlag for tap av bufe | 44 334 | 58 123 | 60 390 |
72.2 | Vederlag for tap av tamrein | 37 918 | 25 000 | 25 975 |
Sum post 72 | 82 252 | 83 123 | 86 365 |
Posten omfattar erstatningar for tap av bufe og tamrein. Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald.
Posten er auka i tråd med venta auke i vederlaga som følgje av den allmenne prisveksten.
Løyvinga på post 72 dekkjer erstatningar for rovviltskadar på bufe og tamrein valda av store rovdyr. Erstatningane kan variere frå år til år, m.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Dokumentasjonen av skadane er betra etter kvart som innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp i fylka. Skadedokumentasjonen er for heile landet no organisert i regi av Statens naturoppsyn.
Mål:
Målet med ordninga er å sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorde rovviltskadar på bufe og tamrein slik dette er nedfelt i viltlova.
Oppfølging og kontroll:
Erstatningssøknadene blir gått gjennom for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte.
Underpost 72.1 Vederlag for tap av bufe
Løyvinga dekkjer erstatningar for skadar på husdyr valda av store rovdyr. Erstatningar blir utbetalt i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, § 12 a. Det blir vist til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999.
Underpost 72.2 Vederlag for tap av tamrein
Løyvinga dekkjer erstatningar for skadar på tamrein valda av store rovdyr, jf. Lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet, §12 a. Erstatningar blir utbetalt i samsvar med forskrift fastsett i medhald av lov av 29. mai 1981 nr 38 om viltet, § 12 a. Det blir vist til «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Post 73 Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
73.3 | Førebyggjande tiltak mot rovviltskade | 33 698 | 32 500 | 28 000 |
73.4 | Omstillingstiltak | 4 297 | 4 000 | 4 000 |
Sum post 73 | 37 995 | 36 500 | 32 000 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og omfattar førebyggjande tiltak og omstillingstiltak mot rovviltskadar. Midlane kan òg nyttast til utviklingsarbeid med førebyggjande og konfliktreduserande effekt. Det er overført 0,5 mill. kr til kap. 1427 post 21 for å dekkje auka kostnader med drift av utval og nemnder i rovviltforvaltinga. I tillegg er posten redusert med 4,0 mill. kr i høve til budsjettet for 2002.
Forslaget inneber at ein held fram med ei stor satsing på førebyggjande tiltak og omstilling. For 2003 vil det bli lagt særleg vekt på ei vidareføring av arbeidet med tiltak innan førebygging og omstilling med utgangspunkt i målsetjinga om ein differensiert bruk av verkemiddel i rovviltforvaltninga, jf. St.meld. nr. 35 Om rovviltforvalting, jf. Innst. S. nr. 301 (1996-97). Det vil bli lagt vekt på ei effektivisering av arbeidet med førebyggjande tiltak gjennom auka satsing på kostnadseffektive fellestiltak som omfattar fleire sauebesetningar.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å finansiere tiltak som kan førebyggje rovviltskadar.
Oppfølging og kontroll:
For tilskot til førebyggjande tiltak og omstilling gis særlege vilkår i kvart enkelt tilfelle. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. Når tilskot er gitt til m.a. FoU-tiltak, blir i tillegg kvaliteten på produktet kontrollert i forhold til dei forventningar som er gitt i tilsegna eller kontrakten.
Underpost 73.3 Førebyggjande tiltak
Løyvinga dekkjer førebyggjande tiltak for å avgrense rovviltskadar. Midlane vil som tidlegare bli nytta til tiltak og prosjekt i regi av enkeltbrukarar og lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar. Midlane kan òg nyttast til forvaltningsretta FoU. Slikt utviklingsarbeid er nødvendig for å kunne utvikle effektive og målretta førebyggjande tiltak. Den endelege fordelinga av midlar til konkrete tiltak i fylka skjer i dei regionale rovviltutvala eller forsøksnemnder slik Stortinget har bedt om. Midlar blir tildelte etter søknad, og det blir kravd rapportering av tapsreduserande eller konfliktdempande effekt. Den del av løyvinga som blir nytta i Direktoratet for naturforvaltning, blir nytta til fellesoppgåver for distrikta som det ikkje er mogleg eller føremålstenleg å handtere på fylkesnivået.
Underpost 73.4 Omstillingstiltak
Løyvinga skal dekkje kostnader knytte til frivillig omstilling eller tilpassingar i rovviltutsette produksjonar til andre driftsformer eller annan type verksemd for brukarar som er spesielt utsette. Løyvinga må sjåast i samanheng med verkemiddel innanfor landbruket.
Post 74 Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast.
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, under dette tiltak som styrkjer allmenta sine interesser.
Tilskot kan gis til lokale lag og organisasjonar og Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og eventuelle andre samanslutningar av landsdekkjande frivillige organisasjonar med friluftsliv som arbeidsområde. Det er lagt inn 2,0 mill. kr til prosjektstøtte til friluftslivsorganisasjonar, under dette Forum for natur og friluftsliv, og 2,0 mill. kr til aktivitetstiltak for barn og unge.
Det er foreslått ein reduksjon i løyvinga med 1,5 mill. kr, noko som svarer til det som vart nytta til gjennomføringa av Fjellåret i 2002.
Oppfølging og kontroll:
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Post 75 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til ei rekkje arbeidsmål på resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, men fleire arbeidsmål under resultatområde 8 er òg relevante.
Mål:
Målet for tilskotsordninga er å støtte ovannemnde organisasjonar i deira arbeid internasjonalt for vern av biologisk mangfald og berekraftig bruk av biologiske ressursar, og å gjere Direktoratet for naturforvaltning og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer. Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonen sine målsetjingar og kva nytte Direktoratet for naturforvaltning kan ha av medlemskapen.
Posten skal dekkje utgifter i samband med Direktoratet for naturforvaltning sitt medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (FNNPE)
Conseil International de La Chasse (CIC)
Verdas naturvernunion - The World Conservation Union (IUCN)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den nord-atlantiske laksevernorganisasjon - North Atlantic Salmon Conservation Organisation (NASCO)
Posten skal òg dekkje utgifter knytte til avtalefesta oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskape.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Direktoratet for naturforvaltning på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjersler m.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 76 Tilskot til kulturlandskapstiltak, kan overførast
Midlane under denne posten har vore retta mot resultatområde 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten vart nedlagt i statsbudsjettet for 2002.
Post 77 Tilskot til naturinformasjonssenter, kan overførast.
Tilskotsordninga er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald og 2 Friluftsliv.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter ved 13 eksisterande og framtidige nasjonalparkar jf. omtale under resultatområde 1. Nasjonalparksentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av nasjonalparkane.
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til forprosjektering og etableringskostnader for nye nasjonalparksenter, medverknad i gjeldssanering ved Hardangervidda nasjonalparksenter Møsvatn, og tiltak innan informasjonsformidling ved eksisterande nasjonalparksenter.
Oppfølging og kontroll:
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir òg nytta stikkprøvekontroll, m.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Post 78 Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd, kan overførast
Midlane under posten er retta mot resultatområde 2 Friluftsliv.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å styrkje arbeidet i paraplyorganisasjonen Friluftsrådas Landsforbund og i dei interkommunale friluftsråda. Tiltak som styrkjer allmenta sine interesser for friluftslivet vil bli prioriterte.
Friluftsrådas Landsforbund og dei interkommunale friluftsråda står for ei effektiv organisering av arbeid med sikring, tilrettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde på vegne av det offentlege. Friluftsrådas Landsforbund vart oppretta 1988/89 og har i dag 17 tilslutta interkommunale friluftsråd som til saman dekkjer ca. 135 kommunar med ca. 60 % av befolkninga i landet.
Oppfølging og kontroll:
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar skjer ved gjennomgang av rapportar som blir leverte til fastsette tidspunkt. Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i årlege møte med Friluftsrådas Landsforbund.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Ymse inntekter | 6 904 | 7 000 | 7 273 |
09 | Internasjonale oppdrag | 2 352 | 1 700 | 1 766 |
16 | Refusjon av fødselspengar/ adopsjonspengar | 1 327 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 080 | ||
54 | Gebyr | 1 916 | 2 300 | 2 300 |
80 | Aksjeutbytte | 9 | ||
Sum kap 4427 | 13 589 | 11 000 | 11 339 |
Post 01 Ymse inntekter
Under posten blir m.a. ført inntekter ved sal av Direktoratet for naturforvaltning sine rapportar og andre produkt og oppdragsinntekter. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1427 post 01. I tillegg blir her inntektsført refusjon frå kap. 1425 til dekning av direktoratet sine utgifter over kap. 1427 post 01 til forvaltning av tilskotspostane på kap. 1425 og fondsforvaltninga av Viltfondet og Statens fiskefond med 4,5 mill. kr. Dette er i samsvar med ein fleirårig praksis.
Eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1427 post 01. Løyvinga under kap. 1427 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta bistand. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte på kap. 1427 post 21. Eventuelle mindreinntekter medfører tilsvarande mindreutgifter under kap. 1427 post 21. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 54 Gebyr
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 01.04.86. Kvar jeger som går opp til prøven må betale eit eksamensgebyr på kr 200. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1427 post 21 til å drive eksamensordninga. Det budsjetterte beløpet er basert på den venta årlege tilgangen på nye jegerar. Eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjettet medfører tilsvarande mindreutgifter på kap. 1427 post 21. Løyvinga under kap. 1427 post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
1429 | Riksantikvaren (jf. kap. 4429) | 200 251 | 212 120 | 219 477 | 3,5 |
1432 | Norsk kulturminnefond (jf. Kap 4432) | 6 500 | |||
Sum kategori 12.30 | 200 251 | 212 120 | 225 977 | 6,5 |
Løyvingane under kap. 1429 høyrer inn under resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Det blir vist til innleiinga i del 2 der det er gjort greie for budsjettvise endringar i 2003 innanfor resultatområdet.
Kap. 1429 Riksantikvaren (jf. kap. 4429)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 74 579 | 73 933 | 73 790 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan nyttast under kap. 1429 postane 72 og 73 | 40 768 | 27 150 | 27 150 |
22 | Fartøyvern | 1 000 | ||
50 | Tilskot til samisk kulturminnearbeid | 2 000 | ||
60 | Regionale kulturminnetiltak | 8 000 | ||
72 | Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø , kan overførast, kan nyttast under kap. 1429 post 21 | 73 490 | 104 684 | 107 684 |
73 | Brannsikring og beredskapstiltak , kan overførast, kan nyttast under kap 1429 post 21 | 1 513 | 5 453 | 5 453 |
75 | Internasjonalt samarbeid , kan overførast | 900 | 900 | 3 400 |
Sum kap 1429 | 200 251 | 212 120 | 219 477 |
Riksantikvaren si rolle og oppgåver:
Riksantikvaren (RA) er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementet sin rådgjevande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminnevern som ein integrert del av miljøvernpolitikken. Riksantikvaren har òg ein rådgjevande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allment og næringslivet. I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerslene. Riksantikvaren har ansvaret for gjennomføring av den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunane, forvaltningsmusea, Sysselmannen og Sametinget sitt arbeid som regionale styresmakter for kulturminne. Riksantikvaren skal gjennom tilretteleggings- og stimuleringstiltak medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminnevern blir etterlevde.
Dei konkrete miljømåla som Riksantikvaren arbeider mot er omtalte under resultatområda 1, 3, 8 og 11. Riksantikvaren arbeider for å nå desse måla m.a. ved å:
sikre at kulturminne og kulturmiljø blir nytta og forvalta slik at verdiane i dei blir tekne vare på og aktiviserte som bidrag til ei berekraftig utvikling
sikre at vernet av kulturminne og kulturmiljø har stor geografisk, sosial, etnisk og tidsmessig breidde
sikre at kulturminne og kulturmiljø er premissar for bruk av areal og for utforminga av stader og aktuelle anleggs-, ombyggings- og utbyggingstiltak
delta i internasjonalt samarbeid for å medverke til å sikre kulturelle rettar, utveksle kunnskap og etablere kulturminnevern som ein viktig del av eit sektorovergripande miljøvern
Riksantikvaren har utarbeidd serviceerklæringar overfor m.a. eigarar av freda bygningar og anlegg.
Budsjettforslaget inneber ei vidareføring av arbeidet på viktige område som f.eks. å stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats, utvikle meir brukarvennlege kulturminneregister, følgje opp den europeiske landskapskonvensjonen, sikre stavkyrkjene, kystkultur og fartøyvern, ta vare på tekniske og industrielle kulturminne og følgje opp arbeidet med samisk kulturminneforvaltning. Det er sett av midlar til å føre vidare restaureringsarbeida på Stavanger Domkyrkje og til å etablere eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje. Det er òg avsett midlar til å sikre og restaurere Steinvikholm.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn og godtgjersler til faste og mellombels tilsette, husleige, oppvarming, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer òg eit avgrensa kjøp av konsulenttenester. Dette omfattar m.a. arbeid i samband med faglege prosjekt/utgreiingar. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til deltaking i kompetansenettverket for miljøretta bistand og anna oppdragsverksemd. Dei tilsvarande inntektene blir førte under kap. 4429 respektive post 02 og 09. I høve til 2002 er posten redusert med 2,5 mill. kr mot tilsvarande auke av post 75. Midlane skal nyttast til å dekkje lønns- og driftsutgifter ved Stiftinga Nordic World Heritage i Oslo.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429 postane 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1429 postane 72 og 73
Posten dekkjer kostnader ved tiltak på freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø m.a. når Riksantikvaren står som tiltakshavar og gjennomfører tiltaket for eigar. Midlane på post 21 må sjåast i samanheng med midlane som er budsjetterte under tilskotspostane 72, 73 og 75.
Posten dekkjer òg utgifter til innhenting av kunnskap og utviklingsarbeid, m.a. om metodar for teknisk vedlikehald og skjøtsel av ulike typar kulturminne, samisk kulturminnevern og kulturminneforvaltning i by- og tettstadsutvikling. Midlane blir nytta til kjøp av tenester frå m.a. forvaltningsmusea og NIKU.
I tillegg dekkjer posten utgifter til utvikling og etablering av ein nasjonal kulturminnedatabase basert på ulike eksisterande kulturminneregister. Riksantikvaren er i gang med å samordne gamle register i ein sentral kartbasert database. Målet er å gjere kulturminnedata lett tilgjengelege for brukarane over Internett. Databasen skal ha opplysningar om kva slag kulturminne som finst, kor dei er og kva vernestatus dei har, og vil kunne formidle kunnskap om kulturminneverdiane til m.a. lokalsamfunn, eigarar og andre interesserte.
Post 50 Tilskot til samisk kulturminnevernarbeid (ny)
Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane skal i hovudsak bli nytta til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid.
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under kap. 1429 post 21
Alle tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Posten blir nytta til tiltak som fører til forvaltning, vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø og verdifulle landskap. Dette kan skje gjennom direkte tilskot til eigarar av slike kulturminne, kulturmiljø og landskap. Posten blir òg nytta til bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigaransvar for.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
72.2 | Vern og sikring av freda og verneverdige bygningar og anlegg | 21 940 | 45 353 | 43 353 |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 4 360 | 5 457 | 9 457 |
72.4 | Kystkultur og fartøyvern | 20 842 | 23 154 | 24 154 |
72.5 | Kulturlandskap | 1 028 | 1 550 | 1 550 |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 646 | 7 308 | 7 308 |
72.7 | Samisk kulturminnevern | 1 000 | 1 000 | |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 15 477 | 14 502 | 15 502 |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 8 198 | 6 360 | 6 360 |
Sum post 72 | 73 490 | 104 684 | 107 684 |
Ved større tiltak er det ofte både føremålstenleg og økonomisk mest gunstig at Riksantikvaren eller fylkeskommunane i staden for eigar av kulturminnet, kulturmiljøet eller landskapet står for iverksetjing og gjennomføring av tiltaka. Det skjer ved at Riksantikvaren eller fylkeskommunane kjøper tenestene og følgjer opp arbeidet. Tiltaket kjem i desse tilfella eigaren til gode, men kostnadene blir rekneskapsførte som driftsutgifter over post 21, jf. omtale under post 21.
Auken på posten skuldast auka innsats når det gjeld sikring av stavkyrkjene, under dette midlar til etablering av besøksenter ved Borgund stavkyrkje. Det vil òg bli større innsats innafor arbeidet med kystkultur og fartøyvern og tekniske og industrielle kulturminne. Dessutan er det sett av midlar til restaurering av Stavanger Domkyrkje og Steinvikholm.
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda og verneverdige bygningar og anlegg
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å medverke til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg.
Midlane blir nytta til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på kulturminne av nasjonal verdi. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og vidareføring av tradisjonell handverksteknikk og materialbruk, og utvikling og gjennomføring av spesielle konserveringsoppgåver. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda eller verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Oppfølging og kontroll:
Kontrollen skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen
Mål:
Tilskotsordninga skal medverke til å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene.
Det vil bli sett av midlar til eit besøksenter ved Borgund Stavkyrkje som kan avlaste stavkyrkja. Til saman over tre år vil det bli løyvd inntil 8 mill. kr til prosjektet frå Miljøverndepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I enkelte tilfelle skjer det òg ved kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
Underpost 72.4 Kystkultur og fartøyvern
Mål:
Målet med tilskotsordninga er todelt:
A: Sikre og setje i stand eit representativt utval faste kulturminne langs kysten og eit representativt utval fartøy.
B: Medverke til drift av utvalde fartøyvernsenter slik at desse kan utøve verksemda etter formålet.
Oppfølging og kontroll:
a) Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen for å sjå til at kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer.
b) Talet på fartøy som blir sette i stand ved fartøyvernsenter og talet på lærlingar/faglærde er viktige kriterium for oppfølging. Riksantikvaren kontrollerer vidare revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Underpost 72.5 Kulturlandskap
Mål:
Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på verdifulle kulturlandskap der kulturminne og kulturmiljø utgjer vesentlege element. Tilskotet skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å restaurere, skjøtte og sikre kulturlandskap.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging og kontroll skjer ved ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar og rekneskap. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen og Sametinget.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Mål:
Midlane blir nytta til å dekkje tilskot til skjøtsel av arkeologiske kulturminne, under dette sikring av bergkunst. Midlane dekkjer òg tilskot til tiltakshavarar i høve til kulturminnelova §10.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging av tiltaket skjer ved kontroll av om tiltak blir gjennomførte i samsvar med faglege kriterium for tilskotet. Vidare ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren.
Underpost 72.7 Samisk kulturminnevern
Posten blir foreslått nedlagt og midlane overførte til ny post 50.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
Mål:
Målet med tilskotsordninga er todelt:
Sikre og setje i stand eit representativt utval tekniske og industrielle kulturminne.
Medverke til drift av 10 utvalde anlegg slik at desse kan utøve verksemda etter føremålet.
10 tekniske og industrielle kulturminne er valt ut for spesiell oppfølging for å konsolidere drifta. Tilskot til istandsetjing og vedlikehald av dei 10 anlegga blir gitt over denne posten, medan tilskot til museumsdrift blir dekt over kap. 328, post 60 Tilskotsordning for museum på Kyrkje- og kulturdepartementet sitt budsjett. Desse midlane blir fordelte av fylkeskommunane. Posten blir i avgrensa grad òg nytta til å gi tilskot til einskilde andre anlegg.
Oppfølging og kontroll:
a) Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om kulturminnet er sikra og sett i stand etter antikvariske retningslinjer. Vidare gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport med fotografi frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden av Riksantikvaren eller fylkeskommunen.
b) Oppfølging og kontroll skjer gjennom kontroll av om drifta ved anlegget skjer etter formålet. Riksantikvaren kontrollerer vidare revidert årsrekneskap og årsmelding og rapportar/uttaler frå fylkeskommunane.
Underpost 72.9 Verdsarv-lista (World Heritage List), nasjonale tiltak
Mål:
Tilskotsordninga skal sikre og setje i stand Verdsarv-område i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå UNESCO.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar som blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 73 Brannsikring og beredskapstiltak, kan overførast, kan nyttast under kap. 1429 post 21
Mål:
Målet med tilskotsordninga er å sikre utvalde kulturminne og kulturmiljø mot uventa øydelegging.
Midlane under posten blir nytta til tilskot til etablering av sikring eller drift av sikringsanlegg i utvalde kulturminne og kulturmiljø. Drift, vedlikehald og oppgradering av sikringsanlegg ved stavkyrkjene og tilskot til prosjekt som har relevans for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø er prioriterte. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging og kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakar. Fysisk kontroll frå Riksantikvaren kan òg vere aktuelt, under dette kontroll av om sikringstiltak, sikringsarbeid eller drift av sikringstiltak er gjennomførte på eit fagleg akseptabelt nivå.
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Auken på posten skuldast at midlar som tidlegare var budsjetterte under post 01 til lønns- og driftsmidlar til Nordic World Heritage Office, no blir førte under denne posten etter at Nordic World Heritage Office er omgjort til Stiftinga Nordic World Heritage.
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Mål:
Målet med tilskotsordninga er tredelt:
a) Få internasjonalt samarbeid på feltet kulturminnevern styrt i ei retning som fell saman med norske politiske og fagpolitiske interesser, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innan Riksantikvaren sitt fagfelt, og markere Noreg som eit land med særleg kompetanse på vern av kulturminne i tre.
b) Dekkje lønns- og driftsmidlar til Nordic World Heritage Foundation gjennom ei grunnløyving på 2,5 mill. kr.
c) Sikre drifta av den norske delen av ICOMOS, den fremste frivillige organisasjonen innan fagfeltet, og eventuelle internasjonale spesialkomitear som Noreg tek eit ansvar for.
Riksantikvaren representerer norske styresmakter i ulike internasjonale organisasjonar og er engasjert i fleire prosjekt. Posten dekkjer tilskot, medlemsavgifter, utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid, under dette det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet under den bilaterale miljøvernavtala. Tilskot til det internasjonale trekurset blir òg dekt her. Riksantikvaren støttar eit sekretariat for spesialkomiteen for polare kulturminne i ICOMOS i den perioden Noreg har formannskapet.
Oppfølging og kontroll:
a) Kontroll og oppfølging av om konkrete restaureringstiltak blir gjennomførte på fagleg akseptabelt nivå. Vidare gjennom kontroll av rapport frå tilskotsmottakaren om bruken av tilskotet eller at Riksantikvaren utøver eige tilsyn. Møte og fagsamlingar blir gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram når det er praktisk mogleg.
b) Kontroll av organisasjonen si verksemd blir utøvd etter formålet. Riksantikvaren kontrollerer revidert årsrekneskap og årsmelding for organisasjonen si verksemd.
Kap. 4429 Riksantikvaren (jf. kap. 1429)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 4 411 | 1 804 | 1 874 |
09 | Internasjonale oppdrag | 954 | 2 074 | 2 155 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 1 400 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 60 | ||
Sum kap 4429 | 6 825 | 3 878 | 4 029 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.v., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvaren sine rapportar og andre produkt. Ved eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett skal utgiftene under kap. 1429 post 01 reduserast tilsvarande.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til verksemd tilknytt kompetansenettverket i samband med miljøretta arbeid, jf. omtale under kap. 1429 post 01. Ved eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett skal dei tilsvarande utgiftene under kap. 1429 post 01 reduserast tilsvarande.
Post 80 Frå Norsk kulturminnefond (ny)
Posten gjeld den delen av avkastinga av Norsk kulturminnefond som skal nyttast til administrasjon av fondet, jf. omtale under kap. 1429 post 01.Ved eventuelle mindreinntekter i forhold til budsjett skal utgiftene under kap. 1429 post 01 reduserast tilsvarande.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 4432)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 1 500 | ||
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 5 000 | ||
Sum kap 1432 | 6 500 |
Kap 1432 gjeld Norsk kulturminnefond og rettar seg mot resultatområde 3 Kulturminne og kulturmiljø. Norsk kulturminnefond vart oppretta då Stortinget under behandling av St.prp. nr. 63 (2001-2002), jf. Innst. S.nr. 255 (2001-2002), løyvde 200 mill. kr som fondskapital. Fondskapitalen er plassert som kontolån i Statskassa med rente tilsvarande renta på 10 års statsobligasjonslån. Avkastinga av kapitalen skal nyttast til tilskot til kulturminneformål, jf. post 50 og kap. 4432 post 80, og til å dekkje utgifter til administrasjon av fondet, jf. kap. 1429, post 01 og kap. 4429 post 80. Det skal utarbeidast eigne vedtekter for verksemda til fondet. Fondet sitt sekretariat vil bli lokalisert til Røros kommune.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter ved forvalting av fondet. Det er sett av utgifter til lønn til sekretariatsleiar og administrative funksjonar, styrehonorar og reiser. Det er vidare rekna med kjøp av tenester m. a. til fagleg hjelp til vurdering av søknader om tilskot.
Post 50 Til disposisjon for kulturminneformål (ny)
Mål:
Målet med fondet er å leggje til rette for auka samspel mellom offentlege og private midlar til vern og utvikling av freda og bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø. Ordninga skal stimulere til auka verneinnsats frå eigarar og næringsliv si side og til meir effektive samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar. Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.
Midlane blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø og til prosjekt som fremjar verdiskaping, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet. Prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller monaleg eigeninnsats skal prioriterast. Det skal i gjennomsnitt vere ei privat medfinansiering på 50 % i dei prosjekta som fondet engasjerer seg i. Den private medfinansieringa skal vere minst 30 % i kvart prosjekt.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølging skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 90 Fondskapital
Då fondet vart oppretta, vart det løyvd 200 mill. kr i fondskapital, jf. St.prp. n. 63 (2001-2002) og Innst. S. nr. 255. Regjeringa vil komme tilbake med ei vurdering av eventuelt å auke løyvinga til Kulturminnefondet i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2003.
Kap. 4432 Norsk kulturminnefond (jf. kap. 1432)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
80 | Avkastning frå norsk kulturminnefond | 6 500 | ||
Sum kap 4432 | 6 500 |
Post 80 Avkasting frå norsk kulturminnefond
Posten gjeld den delen av avkastninga av Norsk kulturminnefond som skal nyttast til tilskot til kulturminnetiltak. Fondsmidlane er plasserte som kontolån i statskassa med rente tilsvarande renta på 10-års statsobligasjonslån.
Programkategori 12.40 Forureining
Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
1441 | Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441) | 651 831 | 613 191 | 605 744 | -1,2 |
1442 | Miljødata, forureining og miljøeffektivitet | 73 115 | |||
1443 | Statens beredskapsansvar mot akutt forureining | 138 791 | 57 218 | -100,0 | |
1444 | Produktregisteret | 12 213 | 14 640 | 19,9 | |
2422 | Statens miljøfond | 53 580 | 46 000 | 16 350 | -64,5 |
Sum kategori 12.40 | 917 318 | 728 622 | 636 734 | -12,6 |
Heile kap. 1443 er flytt frå Miljøverndepartementet til Kystverket, Fiskeridepartementet (kap. 1062)
Kap. 1441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 200 406 | 192 453 | 184 262 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 450 | ||
39 | Oppryddingstiltak , kan overførast | 28 976 | 35 880 | 45 880 |
63 | Tilskot til kommunale avløpstiltak , kan overførast | 129 613 | 70 820 | |
64 | Aksjon Jærvassdrag | 3 183 | ||
65 | Tilskot til heilskapleg vassforvaltning , kan overførast | 3 000 | 3 000 | |
72 | Tilskot til utvikling av meir miljøvennlege produkt og bygg | 96 | ||
73 | Tilskot til biloppsamlingssystemet | 98 328 | 97 786 | 118 900 |
75 | Utbetaling av pant for bilvrak , overslagsløyving | 153 358 | 151 252 | 151 252 |
76 | Refusjonsordningar | 37 871 | 50 000 | 50 000 |
77 | Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB , kan overførast | 12 000 | 12 000 | |
78 | Tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall , kan overførast | 40 000 | ||
Sum kap 1441 | 651 831 | 613 191 | 605 744 |
Statens forureiningstilsyn sitt ansvar er å delta og medverke sentralt i arbeidet med å skape ei berekraftig utvikling. Statens forureiningstilsyn skal arbeide for ein forsvarleg miljøkvalitet. Forureining, produkt og avfall skal ikkje føre til helseskade, gå utover trivselen eller skade naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.
Statens forureiningstilsyn sine roller for å nå måla er:
overvake og informere om miljøutviklinga
utøve mynde for å halde ved lag og betre miljøet gjennom reguleringar, kontrolltiltak og prosessar som kan understøtte miljøarbeidet regionalt og lokalt
gjere tydeleg dei ulike samfunnssektorane sitt ansvar for å oppfylle miljøvernpolitiske mål
utgreie og gi råd overfor Miljøverndepartementet
styre fylkesmennene sine miljøvernavdelingar innan
Statens forureiningstilsyn ansvarsområdet til
delta i det internasjonale miljøvernsamarbeidet og hjelpearbeidet
beredskap- og aksjonsansvar for akutt forureining blir overført til Kystverket frå 01.01.2003. SFT vil framleis ha ansvar for å stille beredskapskrav til private bedrifter og kommunar.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter for Statens forureiningstilsyn. Posten dekkjer vidare midlar knytte til forsking, utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til:
arbeidet innan overgjødsling og oljeforureining
arbeidet innan helse- og miljøfarlege kjemikaliar
arbeidet innan avfall og gjenvinning
arbeidet innan klimaendringar, luftforureining og støy
bistandsarbeidet i samsvar med avtalen til NORAD
miljøtilstanden i Noreg
Mindreinntekter under kap. 4441 postane 04 og 09 medfører tilsvarande mindreutgifter under posten. På den andre sida kan posten overskridast mot tilsvarande meirinntekter under dei nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Posten er redusert med 10, 4 mill. kr som følgje av at ansvaret for Statens beredskap for akutt forureining blir overført til Kystverket (Fiskeridepartementet) kap. 1062/4462.
Post 21 Spesielle driftsutgifter (ny)
Posten er ny og dekkjer utgifter SFT kan få ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust spesialavfall, spesialavfall frå konkursbu eller spesialavfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte. Inntil 2002 dekte SFT slike utgifter over kap. 1443, post 21 som i tillegg også dekte utgifter til aksjonar mot akutt forureining. Frå og med 01.01.2003 er ansvaret for den statlege beredskapen mot akutt forureining med tilhøyrande budsjett overført til Fiskeridepartementet ved Kystverket. For framleis å gi SFT handlefridom til å kunne stå for umiddelbar gjennomføring av tiltak mot spesielle typar avfall, jf. forureiningslova §§ 74 og 76, er det foreslått at kr 450.000 av den overførte post 21 blir verande igjen i SFT på ein nyoppretta post 21 under kap. 1441.
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast
Posten er knytt til resultatområda 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og 6 Avfall og gjenvinning.
Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i forureina grunn og forureina sediment som er forureina med prioriterte miljøgifter som f. eks. PCB. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav blir posten foreslått styrkt med 10 mill. kr for å kunne forsere arbeidet med oppryddingstiltak og tiltaksretta undersøkingar i område med forureina sediment, samt med ei bestillingsfullmakt knytt til posten på 20 mill. kr.
Målet for tiltaka er å hindre at forureina grunn, vatn og sediment som skriv seg frå tidlegare tiders verksemd, feildisponering av avfall o.l., skal medføre fare for helseskade, alvorleg forureining, eller anna alvorleg miljøulempe. Det er òg viktig å hindre skade på viktige norske næringar, som f.eks. fiskeri- og havbruksnæring. Utgiftene til opprydding skal i prinsippet dekkjast av den eller dei som etter forureiningslova er ansvarlege for å motverke eller rydde opp i forureining. Ansvar kan gjerast gjeldande for private, kommunar eller ein statleg sektor.
Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet på dette feltet, og så langt det er mogleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina grunn og forureininga sediment. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at Miljøvernforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar og/eller opprydding der:
Staten ved miljøvernforvaltninga er den ansvarlege for forureininga.
Den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding.
Det hastar med å få rydda opp. Staten forskoterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant.
Miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling m.a. ved å gjennomføre pilotprosjekt.
Det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
I tillegg kan posten bli nytta til å medverke til utarbeiding av fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sediment i større fjordområde, til planmessig kartlegging og oppfølging av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet, og til å dekkje utgifter knytte til eit nasjonalt råd for sedimentsaker, jf. St. meld. nr. 12 (2001-2002) om Rent og rikt hav.
Post 63 Tilskot til kommunale avløpstiltak, kan overførast
Tilskotsordninga har vore knytt til styresmaktene sitt pålegg om reinsing av avløp som eit ledd i arbeidet for å nå måla under resultatområde 4 Overgjødsling og oljeforureining. Det vil ikkje bli gitt nye tilsegner under ordninga i 2003, men løyvinga blir halden ved lag slik at staten får utbetalt tidlegare gitte tilsegner. Utbetalingane vil skje etter kvart som prosjekta i kommunane som er gitt tilsegner blir ferdigstilte. Løyvinga er konsekvensjustert ned med 70 mill. kr i forhold til 2002, som er i tråd med utbetalingsprofilen på dei enkelte prosjekta. Dei investeringane det er gitt tilskot til, blir restfinansierte gjennom kommunal eigeninnsats og avløpsgebyr.
Post 65 Tilskot til heilskapleg vassforvaltning, kan overførast
Posten er knytt til resultatområda 1 Berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, 2 Friluftsliv, 4 Overgjødsling og oljeforureining og 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Tilskotsposten er ei generell og landsomfattande ordning for å betre vassmiljøet i Noreg, der ei heilskapleg tilnærming til vatn blir lagt vekt på. Rammedirektivet for vatn trådde i kraft 22. desember 2000. Det gir styresmaktene det nødvendige rammeverket for ei meir heilskapleg forvaltning og betre måloppnåing innan forvaltninga av norske vassdrag og kystnære område. Målgruppa for tilskotsposten er kommunar som arbeider med å oppfylle krava i rammedirektivet for vassforvaltning.
Ved fordeling av tilskot vil midlane i 2003 hovudsakleg gå til arbeid med å betre vasskvaliteten i Hobøl-Vansjøvassdraget.
Tilskotsordninga er administrert av Statens forureiningstilsyn i samarbeid med fylkesmannen i dei aktuelle områda. Søknader om tilskot blir fremja av kommunen, eller eventuelt av fleire kommunar i samarbeid.
Oppfølging og kontroll
Kommunen skal gi ein årleg statusrapport saman med revisorstadfest rekneskap til Statens forureiningstilsyn eller den aktuelle fylkesmannen. Det blir gjennomført ein generell formalia- og sannsynskontroll av kommunane sine rapportar.
Post 73 Tilskot til biloppsamlingssystemet
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar.
Mål:
Tilskotsordninga er ein del av retursystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med retursystemet er å sikre forsvarleg og miljøvennleg innsamling og behandling av bilvrak frå heile landet.
Ordninga skal vere sjølvfinansierande, dvs. at inntekter og utgifter skal balansere over tid. Inntektene kjem frå vrakpantavgifta på førstegongsregistrerte køyretøy, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, og frå inntekter ved sal av stålet i vraka. Vrakpantavgifta blir fastsett på bakgrunn av prognosar for forventa nybilsal og talet på pantevrak, jf. kap. 1441, post 75. Det blir gitt driftsstøtte på 556 kr per motteke vrak til godkjende oppsamlingsplassar for å sikre gjennomføring av dei miljøvernoperasjonane dei er pålagde å utføre i samband med mottak av vrak.
Det blir gitt transportstøtte til presse- og transportoperatørane til dekning av kostnadene for pressing og frakt av vraka frå oppsamlingsplassane til behandlingsanlegga. Transportstøtta skal sikre at ingen delar av landet fell utanom retursordninga på grunn av høge transportutgifter. Storleiken på tilskotet er m.a. avhengig av kva som kan oppnåast ved sal av bilvraka til fragmenteringsverka, jf. kap. 4441 post 08. Tilskotet inneber ei plikt for tilskotsmottakaren til å samle inn vrak frå dei godkjende oppsamlingsplassane.
Posten dekkjer òg utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøvernstyresmaktene treng for å administrere ordninga.
Den delen av det eksisterande avgiftssystemet som gjeld utbetaling av pant til bileigar vil bli ført vidare inntil vidare. Det blir vist til omtale under resultatområde 6 når det gjeld EU-direktiv om utrangerte køyretøy (2000/53/EU).
Oppfølging og kontroll
Driftstilskotet blir utbetalt av Oslo distriktstollstad etter mottak av ei vrakpantkvittering for at bilvraket er motteke for behandling.
Post 75 Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving
Tilskotsordninga rettar seg mot resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar
Mål:
Tilskotsordninga er ein del av oppsamlingssystemet for bilvrak og beltemotorsyklar. Målet med denne tilskotsordninga er å stimulere bileigar til å levere kasserte bilar til godkjent biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast.
Posten dekkjer utbetaling av vrakpant, og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Vrakpanten blir føreslått halden uendra på kr 1 500 per bilvrak i 2003. Det er venta at ca. 100 000 bilar blir vraka i 2003.
Oppfølging og kontroll:
Vrakpanten blir utbetalt av Oslo distriktstollstad mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjent biloppsamlingsplass for behandling. For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant, blir kvitteringa kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av oppsamlingsplassane sine lager og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar
Tilskotsordningane under denne posten rettar seg mot resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar og resultatområde 6 Avfall og gjenvinning og resultatområde 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål:
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til godkjent behandling.
Spillolje er brukt smørjeolje, og er klassifisert som spesialavfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2002 -2003) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71. Refusjonsordninga vart innført i 1994. Ordninga har medverka til å auke innsamlinga av spillolje frå 50-60 % før 1993 til ca. 75 % i 1998. For å sikre ei høgare innsamlingsgrad vart det i 1999 bestemt at det frå og med år 2000 skulle utbetalast refusjon med lik sats for all spillolje som blir samla inn, uavhengig av om den kjem frå avgiftspliktig eller avgiftsfri smørjeolje. Eit unntak er spillolje som stammar frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Det vart rekna med at endringa i utbetalingsgrunnlaget ville føre til at meir spillolje vart samla inn. Tala for 2001 og dei første fire månadene i 2002 tyder på ein svak nedgang i innsamla mengd smørjeolje med rett til refusjon det siste året, men dette skuldast at ein av spesialavfallsaktørane har late vere å krevje refusjon for olja. Olja har derfor ikkje vorte registrert i rekneskapen for ordninga. Ein går ut frå at det dreier seg om ca. 800 tonn smørjeolje det siste året. Tek ein med denne mengda, kan ein vente at mengda smørjeolje med rett til refusjon vil auke til ca 25.000 tonn årleg. Dette er ein klar auke samanlikna med dei siste åra før ordninga vart utvida, då talet låg på om lag 23.000 tonn årleg.
Posten dekkjer òg utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Statens forureiningstilsyn. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å følgje. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål:
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 01.01.2000 pålagt avgift, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak. Refusjonsordning for innbetalt TRI-avgift vart innført samtidig.
TRI-haldig avfall kan leverast til godkjent mottak for spesialavfall eller godkjent gjenvinningsbedrift, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å redusere kostnadene ved refusjonssystemet og for å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kr/kg, litt under halvparten av avgiftssatsen. Ein refusjonssats på dette nivået gir tilstrekkeleg stimulans til å oppnå ein høg grad av avfallsinnsamling.
Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. I 2000 og 2001 vart det utbetalt eit svært lite refusjonsbeløp, og også for 2002 synest det å bli relativt små utbetalingar. Moglege årsaker til dette er redusert bruk av TRI, auka gjenbruk som fel utanfor avgifts- og refusjonssystemet og hamstring av avgiftsfri TRI i slutten av 1999. Det er ikkje venta vesentlege endringar i 2003.
Oppfølging og kontroll:
Oppfølginga blir ivareteken gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Spesialavfallsmottaket og gjenvinningsverksemda skal vere godkjent av Statens forureiningstilsyn.
Post 77 Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB, kan overførast
Isolerglasruter som inneheld PCB er spesialavfall og skal leverast til spesialmottak for særskilt handtering. Likevel har berre ein svært liten del av desse rutene blitt sende til lovleg og forsvarleg handtering. For å sikre auka innlevering av PCB-ruter, vart det i statsbudsjettet for 2002 oppretta ein eigen toårig tilskotspost.
Ein del av tilskotet for 2002 har gått til å støtte ein kampanje i regi av Norsk Renholdsverks-Forening om subsidiert innlevering av PCB-ruter. Resten har gått til eit retursystem for PCB-haldige isolerglasruter som bransjen har forplikta seg til å opprette etter avtale inngått mellom Miljøverndepartementet og bransjen den 30. april 2002. Etter avtala skal bransjen samle inn og syte for forsvarleg behandling av PCB-haldige isolerglasruter til ein pris som ikkje vesentleg overstig kva det kostar å levere inn vanlege isolerglasruter. Sidan tilskotsposten er toårig og ikkje er meint å dekkje alle utgiftene, er det føresett at bransjen sjølv skal medverke til delvis finansiering dei to første åra og til full finansiering etter dette.
Post 78 Tilskot til utnytting av energi frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall (ny)
Posten er ny og det blir føreslått løyvd 40 mill. kr. Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til utnytting av energi frå anlegg som sluttbehandlar avfall. Ordninga er knytt til avgifta på sluttbehandling av avfall og omfattar energiproduksjon for avfall sluttbehandlingsanlegg for avfal.
I St. meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk går Regjeringa inn for å redusere utsleppa av klimagassar, m.a. ved å leggje opp til auka bruk av avfall som energikjelde til erstatning for fossilt brensle. Spillvarme frå forbrenningsanlegg, deponigass m.m. er vidare viktige energikjelder i den miljøvennlege omlegginga av energiforsyninga, jf. Innst. S. nr. 122 (1999-2000) til Energimeldinga.
I Budsjett-Innst. S. nr. 1 (2000-2001) bad Finanskomiteen Regjeringa vurdere korleis sluttbehandlingsavgifta kan endrast slik at den i større grad enn i dag stimulerer til energiutnytting av avfall og samsvarer med miljøkostnadene som er knytte til sluttbehandling av avfall for alle anlegg.
Regjeringa foreslår ei omlegging av avgifta på sluttbehandling av avfall, jf. omtale i St. prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte-, avgifts-, og tollvedtak. Omlegginga inneber at avgifta i større grad enn i dag skal leggjast på dei faktiske utsleppa ved sluttbehandling. I samband med omlegginga er det foreslått å erstatte ordninga i dag med differensiering av sluttbehandlingsavgifta etter graden av energiutnytting med ei tilskotsordning. Dette vil i større grad gi økonomisk motiv til ei meir effektiv utnytting av energien frå sluttbehandlingsanlegga for avfall.
Det er foreslått at omlegginga av sluttbehandlingsavgifta og tilskotsordninga for energiutnytting i sluttbehandlingsanlegg trer i kraft frå 1.7.2003. Statens forureiningstilsyn skal forvalte tilskotsposten og vil utforme nærare retningslinjer for ordninga i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat og Enova SF. Retningslinjene vil bli presenterte i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003. Tilskotsordninga vil bli notifisert til ESA, og det blir teke atterhald om at godkjenning frå ESA må liggje føre innan ordninga kan setjast i verk.
Kap. 4441 Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Refusjon av kontrollutgifter | 6 404 | 6 533 | 6 788 |
02 | Inntekter, SFTs beredskaps- og kontrollavdeling i Horten | 6 738 | 2 143 | |
04 | Gebyr | 18 710 | 12 559 | 12 559 |
05 | Leigeinntekter | 1 864 | 825 | 857 |
08 | Inntekter frå sal av bilvrak | 28 337 | 29 447 | 30 595 |
09 | Internasjonale oppdrag | 4 267 | 4 184 | 4 347 |
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 1 973 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 33 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 239 | ||
Sum kap 4441 | 69 563 | 55 691 | 55 146 |
Post 01 Refusjon av kontrollutgifter
I medhald av konsesjonsvilkår fastsette ved kgl. res. av 31. mai 1974 skal dei selskap som står for drifta av dei petrokjemiske anlegga i Bamble vere med å finansiere kontroll- og luftovervakingsordninga i Grenlandområdet etter nærare vedtekter frå miljøvernstyresmaktene. Kontrollordninga er i første rekkje eit resultat av Hydro Porsgrunn sitt eksisterande anlegg på Herøya og den petrokjemiske industrien i Bamble. Følgjande bedrifter inngår i kontrollordninga og deltek i finansieringa: Hydro Porsgrunn Industripark, Hydro Polymers, Borealis, Noretyl, Norcem Brevik, Eramet Norway-Porsgrunn, Norske Skog Union og NOAH, Brevik.
Post 02 Inntekter, SFT si Beredskaps- og kontrollavdeling i Horten
Heile posten blir overført til Kystverket, Fiskeridepartementet, til kap. 4062.
Post 04 Gebyr
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på forureinande verksemd. Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonsbehandling og kontroll.
Vidare omfattar posten gebyrinntekter frå tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og produkt.
Inntekter fastsette i forskrift om førehandsmeldingar av nye kjemiske stoff, jf. resultatområde 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, blir òg førte under denne posten.
Posten omfattar òg gebyrinntekter i samband med ny forskrift om plikt til å betale gebyr til SFT ved levering og deklarering av spesialavfall.
Kap. 1441 post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 05 Leigeinntekter
Inntektene omfattar Statens forureiningstilsyn sine leigeinntekter i samband med utleige av nokre kontorlokale og utleige av konferansesenteret.
Post 08 Inntekter frå sal av bilvrak
Løyvinga er rekna ut under føresetnad av levering av 100 000 bilvrak til fragmentering, jf. utgifter kap. 1441, post 73.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene er knytte til oppdrag i samband med Statens forureiningstilsyn sitt samarbeid med NORAD m.a. gjennomgang og evaluering av miljøprosjekt og institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli vidareutvikla og trappa opp, jf. kap. 1441, post 01. Eventuelle mindreinntekter under posten vil medføre tilsvarande mindreutgifter under kap. 1441, post 01. På den andre sida kan kap. 1441 post 01 også overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kapitlet er overført til programkategori 12.10 kap 1400.
Kap. 1442 Miljødata, forureining og miljøeffektivitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 18 694 | ||
70 | Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk , kan overførast | 52 080 | ||
73 | Oppfylling av garantiansvar for miljøvernlån | 2 341 | ||
Sum kap 1442 | 73 115 |
Kapittel 1442 er overført til kap. 1400 under programkategori 12.10.
Kap. 1443 Statens beredskapsansvar mot akutt forureining
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 34 686 | 37 430 | |
21 | Spesielle driftsutgifter | 93 853 | 3 595 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 10 251 | 16 193 | |
Sum kap 1443 | 138 791 | 57 218 |
Kystverket overtek frå 01.01.2003 ansvaret for Statens beredskapsansvar mot akutt forureining, og heile kap. 1443 blir flytt til Kystverket/Fiskeridepartementet kap. 1062/4042 jf. St.prp, nr. 1 for Fiskeridepartementet.)
Kap. 1444 Produktregisteret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 12 213 | 14 640 | |
Sum kap 1444 | 12 213 | 14 640 |
Produktregisteret si rolle og oppgåver
Produktregisteret er oppretta for å rasjonalisere innsamling av kjemikalieinformasjon til bruk innan HMS-arbeid og er staten sitt sentrale register på dette området. Produktregisteret er i første rekkje eit serviceorgan for Arbeidstilsynet, Oljedirektoratet, Giftinformasjonssentralen, Statens forureiningstilsyn, Statens institutt for folkehelse, Statens arbeidsmiljøinstitutt og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Produktregisteret kan dessutan medverke med open informasjon til andre som har oppgåver innan HMS-sektoren. Miljøverndepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet i 2002 gjennomføre eit fornyingsprosjekt med mål å komme fram til tiltak som medverkar til ei vidareutvikling av registeret, slik at det i størst mogleg grad kan ivareta styresmaktene sitt behov for korrekte data om bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar og importørane sitt behov for ei effektiv innrapportering av opplysningar, og medverke til informasjon til allmenta om bruk av farlege kjemikaliar.
Produktregisteret har følgjande mål: Samle inn, systematisere og arkivere opplysningar om kjemikaliar, og leggje til rette opplysningar ut frå registrerte data, slik at definerte brukarar får tilgang til riktig informasjon. Omarbeide graderte data til ugradert informasjon for å gjere opplysningane meir allment tilgjengelege.
Post 01 Driftsutgifter
Det er foreslått ei løyving på 14,2 mill. kr i 2003.
Posten dekkjer lønn til faste og mellombels tilsette og driftsutgifter (under dette utgreiing, informasjon m.m.) for Produktregisteret. Posten er styrkt med 2,0 mill. kr til elektronisk innmelding av informasjon til Produktregisteret.
Kap. 2422 Statens miljøfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
70 | Statens miljøfond, rentestøtte | 1 908 | 1 000 | 850 |
90 | Statens miljøfond, lån , kan overførast | 51 673 | 45 000 | 15 500 |
Sum kap 2422 | 53 580 | 46 000 | 16 350 |
Statens miljøfond vart etablert i 1998 som ei låneordning med formål å sikre finansiering av prosjekt som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og andre miljøskadelege utslepp, jf. resultatområda 4 Overgjødsling og oljeforureining, 5 Helse- og miljøfarlege kjemikaliar, 6 Avfall og gjenvinning og 7 Klimaendringar, luftforureining og støy.
Det er gitt tilsegner for heile den totale utlånsramma på 250 mill. kr og budsjettet for post 90 i 2003 representerer såleis ein prognose for utbetaling av allereie gitte tilsegner.
Post 70 Statens miljøfond, rentestøtte
Rentestøtta er venta å utgjere 850 000 kr i 2003. Rentestøtta utgjer differansen mellom tidlegare gitte lån med låg rente og gjennomsnittsrenta på 5-års statsobligasjonar.
Post 90 Statens miljøfond, lån, kan overførast
For 2003 er det venta utbetaling av allereie gitte tilsegner på 15,5 mill. kr.
Kap. 5322 Statens miljøfond, avdrag
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
91 | Innbetaling av avdrag | 16 031 | 10 000 | 14 000 |
Sum kap 5322 | 16 031 | 10 000 | 14 000 |
Post 91 Innbetaling av avdrag
Basert på løpande lån og utbetaling av nye lån i 2002/2003, er avdraga utrekna til 14,0 mill. kr.
Kap. 5621 Statens miljøfond, renteinntekter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
80 | Renteinntekter | 5 973 | 6 500 | 9 000 |
Sum kap 5621 | 5 973 | 6 500 | 9 000 |
Post 80 Renteinntekter
Basert på løpande lån og utbetaling av nye lån i 2002/2003, er renter m.v. utrekna til 9,0 mill. kr. Inntektsposten inkluderer også rentestøtte gitt under kap. 2422, post 70.
Programkategori 12.50 Kart og geodata
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
1463 | Regional og lokal planlegging | 33 269 | |||
1465 | Statens kjøp av tenester i Statens kartverk | 323 217 | 338 220 | 349 254 | 3,3 |
2465 | Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603) | 17 141 | 9 896 | 9 896 | 0,0 |
Sum kategori 12.50 | 373 628 | 348 116 | 359 150 | 3,2 |
Utgiftene under programkategori 12.50 høyrer inn under resultatområde 10 Kart og geodata. Ein viser til innleiinga i del 2 der det blir gjort greie for budsjettendringar i 2003 innanfor resultatområdet.
Kap. 1463 Regional og lokal planlegging
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 29 130 | ||
63 | Lokal Agenda 21 og berekraftig by- og tettstadsutvikling , kan overførast | 3 940 | ||
75 | Miljøvennleg byutvikling , kan overførast | 200 | ||
Sum kap 1463 | 33 269 |
Kapitlet er overført til kap 1400 under programkategori 12.10.
Kap. 1465 Statens kjøp av tenester i Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
21 | Betaling for statsoppdraget , kan overførast | 323 217 | 338 220 | 349 254 |
Sum kap 1465 | 323 217 | 338 220 | 349 254 |
Kapitlet dekkjer staten sitt sentrale ansvar for etablering og drift av nasjonal infrastruktur for geografisk informasjon. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Statens kartverk, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Post 21 Betaling for statsoppdraget, kan overførast
Løyvinga er auka med vel 11 mill kr og skuldast i hovudsak at posten er kompensert for prisauke og at det er gjort tekniske endringar i samband med at Statens kartverk har teke over delar av husleigeavtaler for fylkeskartkontora.
Hovudoppgåva for Statens kartverk er å byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til stadfesta informasjon. Det er ei målsetjing at ny teknologi skal komme alle innbyggjarane i Noreg til gode. Med den pågåande utbygginga av breiband og nye kommunikasjonskanalar i Noreg vil Kartverket bli ein stadig viktigare leverandør av data for ei rekkje tenester i det norske velferdssamfunnet. Som infrastrukturleverandør må Kartverket liggje i framkant av den fornying som skjer i offentleg sektor. Det krev omstillingar i Kartverket sin organisasjon og omfattande arbeid med tilrettelegging av digitale data tilpassa den akselererande teknologiske utviklinga.
Som staten sitt fagorgan innan kart og stadfesting skal Kartverket ivareta dei forvaltningsoppgåvene som følgjer med, under dette arbeid med standardar og regelverk og samordning med andre land på området. Kartverket skal dessutan delta i forsking og utvikling av kartteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, m.a. om eksportretta tiltak. Kartverket skal syte for at den geografiske informasjonen etaten forvaltar blir sikra for ettertida.
Statsoppdraget sikrar ei samla finansiering av denne hovuddelen av Kartverket si verksemd og oppgåva som staten si fagstyresmakt på kartområdet. Det blir utarbeidd spesifiserte produksjonsmål og aktivitetar som grunnlag for departementet si styring med og kontroll av statsoppdraget.
På enkelte område blir basisproduksjonen forsert ut over det statsoppdraget gir grunnlag for gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt. Det er budsjettert med ei lita auke i 2003 slik at samfinansieringa held seg på omtrent same nivå som i 2002. Fleire av Kartverket sine produksjonsmål føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt kan blir realiserte.
Dei reine driftsutgiftene til Kartverket, så som husleige, administrasjon o.l. blir dekte med ein forholdsvis del over statsoppdraget.
Basisproduksjonen omfattar i hovudsak følgjande oppgåver:
Etablering og drift av nasjonalt geodetisk grunnlag
Medverknad til etablering av geodetisk grunnlag, og drift og etablering av kartgrunnlag i kommunane
Drift og utvikling av nasjonal kontrollteneste for satellittposisjonering
Etablering og drift av geografiske primærdatabasar, m.a. administrative grenser, eigedomskartverk, GAB (Grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret), sentralt stadnamnregister og vegdatabase
Sjøkartlegging
Etablering av arealinformasjonssystemet Arealis lokalt (tidlegare prosjekt innanfor Arealdokumentasjonsprogrammet)
Etablering og drift av nasjonale kartseriar, m.a. hovudkartserien for land og sjø i trykt og digital form
Program for kartlegging av rasutsette fareområde
Drift av arkiv og databasetenester, under dette sikring av historisk informasjon
Norsk bidrag til global geodesi og kartlegging
Utarbeiding av standardar og fagleg vegleiing
Samordning av geodataverksemda i fylka
Forvaltningsoppgåver, m.a. når det gjeld administrative grenser, eigedomsregistrering og stadnamn
Beredskapsoppgåver
Drift av miljøreferansedatabasen «REFSYS»
Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 90 mill. kr i samband med arbeidet med å etablere moderne elektroniske sjøkart for norskekysten, jf. forslag til vedtak VI Bestillingsfullmakter.
Kap. 2465 Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
24 | Driftsresultat | -82 | -4 000 | -4 000 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 17 223 | 13 896 | 13 896 |
Sum kap 2465 | 17 141 | 9 896 | 9 896 |
I 2003 må Statens kartverk ytterlegare skarpstille oppgaveporteføljen, og samanslåing av fylkeskartkontor er nødvendige tiltak. Samtidig er det viktig at Statens kartverk ivaretek ein posisjon som den leiande infrastrukturleverandør for geografisk informasjon i Noreg, og held fram med å ha eit internasjonalt perspektiv i verksemda si. Statens kartverk har allereie komme langt, og lengst av dei nordiske kartverka, med å leggje ut produksjonen av geografisk informasjon til privat sektor. I 2002 er det lagt opp til at Statens kartverk utvider kjøp av tenester, og det blir i 2002 kjøpt inn eksterne tenester for ca. 210 mill. kr av ein total omsetnad i overkant av 500 mill kr. Desse midlane ivaretek òg oppgåvene som nasjonalt fagorgan og infrastrukturbyggjar. I 2003 er det venta at delen av bortsett produksjon aukar ytterlegare. Miljøverndepartementet har dessutan starta ei evaluering av Staten sin prispolitikk for geografisk informasjon. Rapporten skal liggje føre innan utgangen av 2002.
Kartverket vil i åra framover fokusere på si rolle som dataforvaltar, mens datainnsamling og dataformidling i større grad kan setjast bort eller utførast i samarbeid med andre. Tradisjonelle trykte kart blir marknadsførte og selde gjennom forhandlarar, særleg bokhandlarar. Kartverket har til no i det alt vesentlege levert digitale data direkte til brukar. Det blir lagt opp til ei auka formidling av data via forhandlarar. Kartverket vil framleis arbeide med å gjere sine produkt lettare tilgjengelege gjennom betre bestillings- og distribusjonssystem. Det vil bli lagt vekt på å få fram fleire produkt for bruk i enkle og billegare kartsystem.
Sjølv om mange kartbrukarar no ønskjer digital informasjon, vil det framleis vere behov for trykte kart til mange formål. Kartverket gir òg ut faste tabellar over tidvatn, omtale av farvatn og andre publikasjonar for sikker sjøfart.
Kartverket skal avgrense si konkurranseutsette verksemd til det som heng naturleg saman med oppgåvene som forvaltar av den nasjonale geodatainfrastrukturen, og som nasjonalt fagorgan innan geodata, geodesi, kart og matrikkel. Konkurranseutsett verksemd vart skilt ut som eigen divisjon frå 2001 under namnet Statens kartverk Marknad. Frå 2003 vil det bli etablert ein egen divisjon, Eigedom, m.a. som ei følgje av at tinglysinga blir overført til Statens Kartverk.
Kartverket skal i 2003 forberede at skredkartlegginga vert overført Norges Geologiske Undersøkingar frå 2004.
Post 24 Driftsresultat
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
24.1 | Driftsinntekt | -582 363 | -561 220 | -564 254 |
24.2 | Driftsutgift , overslagsløyving | 562 120 | 538 954 | 543 464 |
24.3 | Avskriving | 19 586 | 14 746 | 13 500 |
24.4 | Renter av staten sin kapital | 3 182 | 3 520 | 3 290 |
24.5 | Til reguleringsfondet | -2 607 | ||
Sum post 24 | -82 | -4 000 | -4 000 |
Tabell 19.7 Kartverket sin basisproduksjon
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Basisproduksjon | Rekneskap 2001 | Plan 2002 | Plan 2003 |
Betaling for statsoppdraget | 323 | 338 | 349 |
Samfinansiering, belastningsfullmakter o.l. | 158 | 90 | 115 |
Sum basisproduksjon | 481 | 428 | 464 |
Tabell 19.8 Kartverket si sals- og oppdragsverksemd
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Sals- og oppdragsverksemd | Rekneskap 2001 | Plan 2002 | Plan 2003 |
Formidling av standard kart og geografiske data | 54 | 52 | 55 |
Framstilling av spesialseriar av kart og geografiske data og spesialoppdrag av varer og tenester | 36 | 43 | 45 |
Sum sals- og oppdragsinntekter | 91 | 95 | 100 |
Vesentlege delar av Kartverket kan sjåast på som ei produksjonsbedrift. Den interne økonomistyringa i Kartverket er derfor basert på bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp. Til statsbudsjettet og statsrekneskapen rapporterer Kartverket etter kontantprinsippet. Overslaget for det bedriftsøkonomiske driftsresultatet er nytta som budsjettoverslag for det kontante driftsresultatet. Det kontante driftsresultatet under post 24 Driftsresultat blir derfor budsjettert til same beløp som det bedriftsøkonomiske overskotskravet. Bedriftsøkonomisk resultat var i 2001 eit overskot på 1,1 mill. kr.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Kartverket sine bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Samfinansieringa med andre statsetatar og kommunar vil svinge med interessa for felles datainnsamlingsprosjekt og Kartverket sin kapasitet og økonomi til å gå inn i slike prosjekt.
Kartverket sine standardprodukt er utforma ut frå generelle krav til innhald og dei blir sett på som særleg viktige i samfunnssamanheng.
Salsinntektene vil svinge med den faktiske etterspørselen etter Kartverket sine produkt og tenester. Salsinntektene skal dekkje kostnadene knytte til uttak av basisdata, spesialbehandling, mangfaldiggjering, marknadsføring, lagerhald og distribusjon, og ein forholdsvis del av indirekte kostnader (husleige o.l.). 62 % av Kartverket sitt sal av produkt og tenester går til offentlege brukarar.
Rekneskap 2001 er ført opp i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2002 refererer seg til St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til lønn og andre løpande driftsutgifter, og etablering og oppgradering av Kartverket sine databasar og geografiske infrastruktur elles.
Tabell 19.9 Kartverket sine driftsinntekter
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2001 | Plan 2002 | Plan 2003 | |
Sum driftsinntekter | 572 | 523 | 564 |
Tabell 19.10 Kartverket sine økonomiske nøkkeltal
2000 | 2001 | 2002 Venta | 2003 Venta | |
---|---|---|---|---|
Totalrentabilitet (bedriftsøkonomisk resultat inkl. finansinntekter, i prosent av gjennomsnittleg totalkapital) | 7,1% | 5,7% | 4,8% | 4,6% |
Soliditet (gjennomsnittleg eigenkapital i prosent av gjennomsnittleg totalkapital) | -20,5% | -18,7% | -18,1% | -18,0% |
Resultatgrad for den resultatgenererande delen av verksemda (bedriftsøkonomisk resultat inkl. forholdsvis del av finanskostnader, i prosent av resultatgenererande driftsinntekter) | 9,9% | 8,6% | 7,3% | 6,7% |
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av staten sin kapital
Avskrivingar og renter av staten sin kapital er budsjettert ut frå ein forventa bokført kapital på 62 mill. kr per 31.12.2001.
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom budsjettert beløp under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet, jf. forslag til vedtak III nr. 1. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i dei kontante inn- og utbetalingar. Per 31.12.2001 var reguleringsfondet på nærare 1,6 mill. kr.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten skal omfatte alle varige investeringar over kr 200 000. Grensa er i samsvar med nasjonal nyskaffingsverdi i reglane for offentlege nyskaffingar.
Kartverket sitt produksjonsutstyr er it-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, edb-basert kartproduksjon m.v. Kartverket må løpande fornye og forbetre sin utstyrspark for å utnytte effektivitetsgevinstane i ny teknologi i sin produksjon, og møte etterspørselen etter nye produkt. Det budsjetterte investeringsnivået svarer likevel ikkje til meir enn ca. 2,5 % av totalomsetnaden.
Dei fleste ordinære økonomiske nøkkeltala er lite eigna til å karakterisere Kartverket si drift då driftsoverskotet berre skal genererast på basis av den sals- og oppdragsfinansierte delen av drifta. Kartverket skal ikkje rekne overskot på basisproduksjonen.
Tabell 19.11 Kartverket sin kapitalbalanse
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.00 | Rekneskap 31.12.01 | Venta 31.12.02 | Venta 31.12.03 | |
Eigendelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 56,8 | 54,4 | 57,0 | 57,4 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 56,8 | 54,4 | 57,0 | 57,4 |
Omløpsmidlar1): | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 14,0 | 16,8 | 16,8 | 16,8 |
Kortsiktige fordringar | 66,9 | 82,9 | 82,9 | 82,9 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Kassebehaldning og innskot | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum omløpsmidlar | 80,8 | 99,8 | 99,8 | 99,8 |
Sum eigendelar | 137,6 | 154,2 | 156,8 | 157,2 |
Tabell 19.12 Kartverkets gjeld og eigenkapital
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2): | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -30,5 | -29,7 | -29,7 | -29,7 |
Reguleringsfondet | 4,2 | 1,6 | 1,6 | 1,6 |
Sum eigenkapital | -26,3 | -28,2 | -28,2 | -28,2 |
Langsiktig gjeld3): | ||||
Staten sin renteberande kapital | 56,8 | 54,4 | 57,0 | 57,4 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 56,8 | 54,4 | 57,0 | 57,4 |
Kortsiktig gjeld4): | ||||
Kortsiktig gjeld | 124,0 | 139,9 | 139,9 | 139,9 |
Mellomverande med statskassen | -16,9 | -11,9 | -11,9 | -11,9 |
Sum kortsiktig gjeld | 107,1 | 128,0 | 128,0 | 128,0 |
Sum gjeld og eigenkapital | 137,6 | 154,2 | 156,8 | 157,2 |
1)Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.
2)Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigendelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Kartverket sitt bedriftsøkonomiske resultat, blir rekna mot eigenkapitalen.
3)Langsiktig gjeld. Kartverket finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».
4)Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Kartverket sin bedriftsøkonomiske rekneskap.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 | Pst. endr. 02/03 |
1470 | Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 4470) | 74 259 | |||
1471 | Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471) | 116 021 | 107 072 | 109 283 | 2,1 |
Sum kategori 12.60 | 190 280 | 107 072 | 109 283 | 2,1 |
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 7 Klima, luftforureiningar og støy, 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid, og miljøvern i polarområda og 11 Områdeovergripande verkemiddel og fellesoppgåver
Kap. 1470 Internasjonalt samarbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 4470)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 25 396 | ||
70 | Tilskot til AMAP , kan overførast | 2 200 | ||
71 | Internasjonale organisasjonar , kan overførast | 31 773 | ||
72 | Miljøverntiltak i nordområda , kan overførast | 8 001 | ||
75 | Støtte til internasjonale miljøtiltak og nasjonale energitiltak , kan overførast | 6 889 | ||
Sum kap 1470 | 74 259 |
Alle postane under dette kapitlet er førte over til kap. 1400 og kapitlet er derfor lagt ned.
Kap. 4470 Internasjonalt arbeid, tiltak for luftmiljø og polarforvaltning (jf. kap. 1470)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
02 | Ymse inntekter | 682 | ||
09 | Internasjonale oppdrag | 757 | ||
Sum kap 4470 | 1 438 |
Alle postane under kapitlet er førte over til kap. 4400 og kapitlet er derfor lagt ned.
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Driftsutgifter | 115 549 | 106 574 | 102 785 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 6 000 | ||
50 | Stipend | 472 | 498 | 498 |
Sum kap 1471 | 116 021 | 107 072 | 109 283 |
Norsk Polarinstitutt si rolle og oppgåver:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93), og fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga i polarspørsmål.
Norsk Polarinstitutt skal òg hjelpe Direktoratet for naturforvaltning, Statens forureiningstilsyn, Riksantikvaren og Sysselmannen som fagleg rådgivar, og skal halde ved lag brei forskingsbasert kompetanse i miljøvernforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk. Norsk Polarinstitutt har ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis. Norsk Polarinstitutt skal ha spisskompetanse til å utvikle og leie overvakingsprogram. Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med dei andre miljødirektorata, Sysselmannen og andre relevante aktørar iverksetje og vidareutvikle system for miljøovervaking for norsk Arktis. Norsk Polarinstitutt skal medverke til å stimulere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader. Norsk Polarinstitutt skal medverke til å utvikle Ny-Ålesund til den sentrale polare forskingsplattforma i Europa.
Norsk Polarinstitutt er organ for oppfølging og gjennomføring av norsk miljølovgiving i Antarktis og skal gjennom ekspedisjonsverksemda ivareta forvaltninga sine kunnskapsbehov og utøve nødvendig kontroll. Norsk Polarinstitutt deltek som fagleg representant i den norske delegasjonen i Antarctic Treaty Consultative Meeting.
Norsk Polarinstitutt skal, saman med dei andre miljødirektorata, fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Barentsregionsamarbeidet og det bilaterale norsk-russiske miljøvernsamarbeidet. Norsk Polarinstitutt deltek i den norske fellesgruppa under miljøkommisjonen og arbeider med havmiljøspørsmål knytte til hovudsatsingsområdet «Dei nordlege havområde».
Norsk Polarinstitutt vil fokusere forskinga si på prosessar som forklarer regionale klimaendringar, effektane av desse på naturen og økotoksikologi. Norsk Polarinstitutt skal utforske og overvake det marine miljøet i iskantsona i Barentshavet grunna den innverknad dette har på næringsproduksjonen i havet, og dermed bestanden av pattedyr, fugl og fisk i området. Forsking på isbjørn og andre aktuelle arter skal følgjast opp for å overvake effektar av forureining og klimaendringar.
Norsk Polarinstitutt skal medverke til den nasjonale og internasjonale klimaforskinga gjennom å skaffe fram kunnskap om korleis samspelet mellom atmosfære, hav og is påverkar klimaet i den europeiske delen av Arktis. Norsk Polarinstitutt skal òg følgje opp den paleoklimatiske forskinga på dei store isavsetnadene i Antarktis og på brear og marine sediment på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal vere sekretariat for Miljøverndepartementet i Arctic Climate Impact Assessment (ACIA) under Arktisk Råd.
Som nasjonal sentralinstitusjon for polarforsking skal Norsk Polarinstitutt representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og vere eit internasjonalt kontaktpunkt i polarsaker og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø. Norsk Polarinstitutt skal vere den sentrale aktøren i Polarmiljøsenteret og styrkje dette som eit internasjonalt tyngdepunkt innan polarforsking og polar miljøvernforvaltning. Norsk Polarinstitutt skal aktivt arbeide for å styrkje forskingssamarbeidet i senteret. Norsk Polarinstitutt skal òg utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg elles og drive utoverretta informasjon om polarområda m.a. gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til instituttet si samla forskings- og ekspedisjonsverksemd. Løyvinga under posten omfattar vidare midlar til sekretariat for International Arctic Science Committee og Svalbardkurset.
Posten dekkjer òg utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd, utgifter knytte til drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance», og til leige og drift av Polarmiljøsenteret. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471, postane 01 og 03. Sjå elles forslag til vedtak II.nr.1. Dersom inntektene blir mindre enn budsjettert under kap. 4471, skal utgiftene under denne posten reduserast tilsvarande.
Midlane til deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet er overførte til kap. 1471 post 21 frå i år.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av Antarktis-ekspedisjonen 2003/2004.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 8 Internasjonalt miljøvernsamarbeid og miljøvern i polarområda.
Mål:
Stipendmidlane skal auke kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Midlane blir tildelte etter tilråding frå Noregs Forskingsråd på bakgrunn av dei fastsette kriteria som Rådet har for tildeling av stipend.
Oppfølging og kontroll:
Det blir kravd innsendt ei rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2001 | Saldert budsjett 2002 | Forslag 2003 |
01 | Salsinntekter og utleigeinntekter | 12 562 | 16 071 | 16 698 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 17 039 | 15 936 | 16 558 |
04 | Refusjon frå Svalbardbudsjettet | 2 450 | 2 450 | |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 312 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 238 | ||
Sum kap 4471 | 32 602 | 34 457 | 33 256 |
Post 01 Salsinntekter og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, under dette utleige av forskingsfartøy, husleigeinntekter og andre inntekter, jf. kap. 1471 post 01 og forslag til vedtak II nr.1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet, jf. kap. 1471 post 01 og forslag til vedtak II nr. 1.
Post 04 Refusjon frå Svalbardbudsjettet
Posten er foreslått nedlagt frå 2003.