Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Utdannings- og forskingsdepartementet
1 Hovudprioriteringar
1.1 Mål, utfordringar og ambisjonar i utdannings- og forskingspolitikken
Investeringane i kunnskap i dag vil ha stor verdi for samfunnet i morgon. Utdanning og forsking er derfor blant dei områda som Regjeringa prioriterer høgast. Regjeringa har som mål at Noreg skal vere fremst internasjonalt når det gjeld kunnskap, kompetanse og ny teknologi.
Utdanningssystemet vårt har som overordna mål å gi alle barn, unge og vaksne opplæring og utdanning av høg kvalitet, uavhengig av kjønn, bustad, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og økonomi. Lik rett til utdanning er eit kjernepunkt i utdanningspolitikken. Læring er ein livslang prosess, og utdanningstilbod og læringsformer må vere tilpassa erfaringar og behov som kvar og ein har.
Regjeringa legg vekt på at skole og opplæring skal ta vare på både kristne og humanistiske verdiar. Opplæringa skal også fremme likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Regjeringa går inn for å styrkje verdiformidlinga og verdimedvitet i skolen og leggje til rette for at elevane skal lære seg fredeleg samhandling og konfliktløysing. Utdanningsinstitusjonane må vere gode arenaer for personleg forming og mogning. Utdanninga spelar ei viktig rolle i utviklinga av det fleirkulturelle norske samfunnet. Utdanning og forsking er mellom dei viktigaste arenaene for utvikling av medvit om internasjonale samanhengar.
Den politikken Regjeringa vil føre på utdannings- og forskingsområdet byggjer på tre prinsipp:
likeverd
danning
verdiskaping
Kunnskap, kompetanse og kultur er dei viktigaste ressursane eit land har. Utdanning er grunnleggjande for å setje den einskilde i stand til å realisere evnene sine og for å kunne vere sjølvhjulpen i størst mogleg grad. Kunnskap og kompetanse betrar livskvaliteten og legg grunnlag for danning og kultur hos den einskilde og i samfunnet. På same tid er god utdanning og forsking ein føresetnad for den framtidige verdiskapinga i landet. Utdanning og forsking er grunnlaget for vekst og velferd og for ei berekraftig utvikling.
På mange område har landet vårt eit godt utgangspunkt. Noreg har ei høgt utdanna befolkning, gode føresetnader for livslang læring, og på fleire område er norsk forsking og teknologi langt framme. Det er generelt god tilgang til utdanning. For å kunne dra nytte av desse føremonene og hevde oss som kunnskapsnasjon må kvaliteten i heile utdannings- og forskingssystemet vere god.
Det er mykje å vere stolt over i den norske skolen og i opplæringa. Både nasjonal og internasjonal forsking og undersøkingar viser likevel at det er ei stor utfordring å heve kvaliteten i grunnopplæringa. Grunnleggjande kunnskap og dugleik er ein føresetnad for at vi skal kunne fungere i det samfunnet vi lever i. For mange norske elevar har i dag relativt svak basiskompetanse. Særleg alvorleg er det at det er fleire elevar med lågt læringsutbytte i Noreg enn det er i mange andre land. Det er inga motsetning mellom kvalitet og likskap. Fleire internasjonale undersøkingar om lesedugleik, til dømes PISA-undersøkinga for 15-åringar og PIRLS-undersøkinga for 10-åringar, viser at dei landa som får dei beste resultata, også har relativt små skilnader i resultata mellom dei sterke og dei svake elevane. Regjeringa vil arbeide for at skolen skal gi kvar og ein størst mogleg fagleg og personleg utvikling ut frå individuelle evner og interesse. Regjeringa vil arbeide for ei tilpassa grunnopplæring for alle, frå første klasse og ut vidaregåande opplæring.
Norsk høgre utdanning og forsking skal vere ei kraft i samfunnsutviklinga og vere fagleg på høgd med dei beste miljøa internasjonalt. Dette stiller store krav til institusjonane med omsyn til ansvar og evne til fornying. Ei sentral utfordring er å skape best moglege vilkår for vidare utvikling og formidling av ny kunnskap. I tillegg må institusjonane leggje til rette for at internasjonalt samarbeid blir ein sentral del av norsk høgre utdanning og forsking. Rammeverket for Kvalitetsreforma er no på plass, og reforma er fullfinansiert, sjå nærmare omtale under 1.6 Budsjettprioriteringar og programkategori 07.60. Måla for reforma er:
Kvaliteten på utdanning og forsking skal bli betre.
Intensiteten i utdanninga skal auke.
Den norske deltakinga i internasjonalt samarbeid om høgre utdanning og forsking skal styrkjast.
Styrket samarbeid og samspill med nærings-, arbeids- og samfunnsliv.
Studentane har no krav på betre utnytting av studieåret, forpliktande studieplanar og betre rettleiing. Studiefinansieringa er endra slik at han også stimulerer til studieprogresjon. Institusjonane har fått fridom til i større grad å organisere verksemda si og har også fått større ansvar for resultata. Institusjonane vil få økonomisk utteljing for progresjon og kvalitet.
Forsking er høgt prioritert av Regjeringa. I perioden 2001-03 auka dei offentlege løyvingane til forsking med 1,6 mrd. kroner, eller 15 pst. Likevel investerer Noreg framleis mindre i forsking og utvikling enn det som er snittet for OECD-landa, målt som del av BNP. Forsking er avgjerande for framtidig verdiskaping, og styrkinga av norsk forsking skal derfor halde fram. Å fremme vitskapleg kvalitet er eit av dei viktigaste satsingsområda i forskingspolitikken til Regjeringa.
1.2 Kvalitet i utdanning og forsking
Ei god grunnopplæring er ei opplæring der alle elevar får realisert potensialet sitt for læring uavhengig av evner og sosial bakgrunn. Ei god opplæring skal også leggje til rette for at elevane skal kunne utvikle sosial kompetanse og demokratiske haldningar. Forsking og undersøkingar om læringsutbytte viser at norsk grunnopplæring i for liten grad jamnar ut effekten av den sosiale bakgrunnen til elevane og lærlingane. Sjølv om det er mange faktorar som skolen og opplæringa ikkje kan gjere noko med, viser utdanningsforskinga klart at kvaliteten på skolen og lærarane spelar ei sentral rolle for læringa til elevane.
Det regjeringsoppnemnde utvalet for kvalitet i grunnopplæringa (Kvalitetsutvalet) har sommaren 2003 levert utgreiinga «I første rekke» til departementet. I utgreiinga har utvalet lagt fram over 100 forslag til korleis ein kan betre kvaliteten i skole og opplæring. Utgreiinga er på høring. Regjeringa inviterte i tillegg på eigne nettsider alle skoleinteresserte, og særleg elevar, lærlingar, lærarar og foreldre, til å seie si meining om forslaga frå utvalet. Departementet vil på bakgrunn av forslaga frå utvalet, evalueringa av Reform 97 og anna forsking leggje fram ei stortingsmelding våren 2004.
Utvalet har tidlegare lagt fram delinnstillinga «Førsteklasses fra første klasse». Stortinget har gitt si tilslutning til utvikling og gjennomføring av nasjonale prøver og oppretting av ein nettstad (Skoleporten.no) med kvalitetsindikatorar for skole og skoleeigar, jf. Innst. S. nr. 12 (2002-2003) og St.prp. nr. 1, tillegg nr. 3 (2002-2003). Dei første nasjonale prøvene skal gjennomførast våren 2004. Målet for det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er at det skal medverke til kvalitetsutvikling ved å leggje til rette for informerte avgjerder på alle nivå i opplæringssystemet. Det nasjonale systemet vil ta utgangspunkt i dei nasjonale måla for opplæringa. Nettstaden vil bli teken i bruk i løpet av våren 2004 og vil i tillegg til resultata av kartleggingane innehalde lenkjer til heimesider ved skolane og annan aktuell informasjon. Skoleporten.no vil vidare innehalde informasjon som skolane og skoleeigarane kan nytte i utviklingsarbeidet sitt. Nettstaden vil dermed gi eit viktig bidrag til det forbetringsarbeidet som skjer på skolenivå og på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. Departementet vil ta initiativ til eit følgjeforskingsprogram som skal vurdere iverksetjinga av kvalitetsvurderingssystemet.
Alle elevar og lærlingar skal ha tilpassa grunnopplæring av god kvalitet. Tilpassa opplæring skal sikre kvar og ein grunnleggjande kompetanse og dugleik. Dette gjeld mellom anna basiskompetanse i lesing og matematikk. Forsking viser at motivasjon, leselyst og trening er viktige føresetnader for å lære å lese godt. For å stimulere leselyst og lesedugleik har Regjeringa derfor sett i verk tiltaksplanen «Gi rom for lesing». For dei tre første åra som tiltaksplanen skal verke, vil det til saman bli sett av 100 mill. kroner. Som eit ledd i arbeidet med Den kulturelle skulesekken, jf. St.meld. nr. 38 (2002-2003) «Den kulturelle skulesekken» og St.meld. nr. 39 (2002-2003) Om kunst og kultur i og i tilknytning til grunnskolen, har departementet også gått inn i eit samarbeid med Kulturdepartementet når det gjeld å formidle litteratur. Sjå nærmare omtale av tiltaka for å styrkje lesedugleiken under kategori 07.20.
For å sikre betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i skole og utdanning vil Regjeringa hausten 2003 lansere strategien «Likeverdig utdanning i praksis! Strategi for bedre læring og større deltakelse av språklige minoriteter i skole og utdanning 2003-2008». Strategien inneheld fleire konkrete tiltak frå barnehage til vaksne innvandrarar. Regjeringa vil mellom anna gi vaksne innvandrarar lovfesta rett og plikt til norskopplæring. Sjå nærmare omtale av tiltaket under kategori 07.50. Regjeringa vil også opprette eit nasjonalt senter for fleirkulturell skole og utdanning ved Høgskolen i Oslo og innføre ei stipendordning for minoritetsspråklege lærarar som arbeidar i skolen utan formell kompetanse.
Sidan læraren og instruktøren er ein av dei viktigaste faktorane for å betre læringsutbyttet til elevane og lærlingane, står etter- og vidareutdanning av lærarar sentralt i kvalitetssatsinga til Regjeringa. På same tid som undersøkingar og forsking viser at mange elevar har mangelfulle kunnskapar i matematikk, norsk og samisk, går det også fram at ein god del lærarar som underviser i desse faga, ikkje har nok utdanning. I 2003 har derfor 1 001 lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring fått stipend til vidareutdanning i matematikk, norsk og samisk.
Departementet vil følgje opp den femårige strategiplanen «Realfag, naturligvis!». Målet er å snu den negative utviklinga i realfaga og skape auka kvalitet i alle ledd av realfagsutdanninga, både i grunnopplæringa, høgre utdanning og i forskinga. I satsinga er utvikling av kompetansen til læraren særleg viktig, og for å styrkje kompetansen vil det bli gitt stipend i matematikk og sett i verk tiltak for å forbetre arbeidsformene i realfaga. Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa ved Universitetet i Oslo har eit særskilt ansvar for å betre innhald og arbeidsformer i opplæringa.
I eit livslangt læringsperspektiv er det viktig å leggje til rette for at alle skal kunne nytte IKT sikkert og kreativt, slik at dei kan vere fullverdige deltakarar i informasjonssamfunnet. Den vidare satsinga på IKT i utdanninga vil skje innanfor «Program for digital kompetanse 2004-2008». Programmet markerer at ein også frametter vil satse på IKT i utdanninga. Målet er eit innovativt utdanningssystem som set digital kompetanse på dagsordenen, sjå nærmare omtale under kategoriane 07.40, 07.50 og 07.60.
Departementet har i 2003 gått saman med Kommunenes Sentralforbund om å opprette ein kvalitetspris for skoleeigarar. Formålet med prisen er å gi honnør til kommunar og fylkeskommunar som utmerkjer seg positivt, og å stimulere til systematisk arbeid med kvalitetsutvikling over tid og innanfor prioriterte område. Prisen vil også bli delt ut i 2004.
Det er eit sentralt mål for Regjeringa at skolen og opplæringa skal ha nulltoleranse for vold, rasisme og mobbing. Skolen skal vere ein stad der tilhørsle, trivsel, toleranse og tryggleik gjeld alle - uansett funksjonsnivå, kjønn eller etnisk bakgrunn. Dei vaksne i skolen skal vere tydelege vaksne med vilje og evne til å motverke negativ åtferd. Regjeringa har inngått eit samarbeid med fleire partar, mellom anna Kommunenes Sentralforbund, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet i grunnskolen og Barneombodet, om eit manifest mot mobbing. Målet med manifestet er å styrkje den lokale innsatsen i arbeidet mot mobbing. Regjeringa har også sett i gang fleire andre tiltak for å betre læringsmiljøet for elevane. Sjå nærmare omtale under kategori 07.20.
Departementet har lagt fram ei rekkje stortingsmeldingar om særskilde tema i tilknyting til Kvalitetsreforma, mellom anna om lærarutdanninga, kunst- og musikkutdanningar, rekruttering av vitskapleg personell og samisk utdanning og forsking. Etableringa av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) inneber eit system for kvalitetssikring ved alle institusjonar som gir høgre utdanning.
Auka internasjonalisering er ein føresetnad for at norske universitet og høgskolar skal kunne sikre og utvikle kvaliteten på norsk høgre utdanning. Ein internasjonal dimensjon i utdanninga aukar og utvidar kultur-, samfunns- og språkforståing hos studentane. Eit delstudium i utlandet på minimum tre månader skal naturleg kunne gå inn i graden utan tap av tid for studenten. Frå 1. januar 2004 er det foreslått å opprette eit nytt senter for internasjonalisering av høgre utdanning, sjå nærmare omtale under programkategori 07.60.
I St.prp. nr. 1 (2002-2003) varsla departementet at ein ville gå gjennom finansieringsordningane for utdanning i utlandet. Regjeringa ser det som svært viktig at norske elevar og studentar kan ta utdanning i utlandet. Studentar med internasjonal erfaring er viktige både for arbeidslivet og for internasjonaliseringa av norsk utdanning. Det blir foreslått ein ny modell for skolepengestøtte der ein fjernar reguleringane som er knytte til kva for fagretningar som er godkjende for skolepengestøtte, jf. nærmare omtale under kategori 07.80. Dette vil gi studentane større fridom til å velje kva for utdanning dei vil ta i utlandet. Forslaget inneber også at støtta til skolepengar skal givast dels som stipend og dels som lån. Forslaget vil kunne medverke til å nå målsetjinga om ei større geografisk spreiing av utanlandsstudentane slik at dei i større grad søkjer seg til ikkje-engelskspråklege land.
Reforma av høgre utdanning legg opp til eit meir forpliktande forhold mellom student og institusjon basert på studiekontraktar. Vurderingssystema vil leggje mindre vekt enn tidlegare på slutteksamen, og større vekt på kontinuerlege tilbakemeldingar gjennom studiet. Studentane blir sikra eit forsvarleg læringsmiljø og får utvida rett til deltaking i organa ved institusjonane.
Høgre kvalitet er eit hovudmål for forskingspolitikken. Norsk forsking har i dag ein sterk posisjon innanfor fleire område og enkeltmiljø. Likevel er det potensial for forbetringar. Regjeringa vil arbeide både for ei generell styrking av kvaliteten i norsk forsking og for at det skal bli fleire norske miljø i internasjonal toppklasse. Ordningane med sentra for framifrå forsking og toppforskingsprogram gir høgt kvalifiserte forskingsgrupper og einskildforskarar særskilt gode rammevilkår for å utvikle forskinga si til internasjonalt toppnivå. Viktige føresetnader for å betre den vitskaplege kvaliteten generelt er god forskarrekruttering, gode rammevilkår og tilgang på oppdatert vitskapleg utstyr. Internasjonalt samarbeid, til dømes gjennom forskingssamarbeid i EUs rammeprogram for forsking, er også viktig for å styrkje kvaliteten.
Departementet arbeider med å utvikle eit nasjonalt system for forskingsdokumentasjon. Dette er mellom anna viktig for å kunne vidareutvikle forskingskomponenten i det nye finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Målet er mellom anna å få til eit rapporteringssystem for vitskaplege publikasjonar som sikrar god datakvalitet, sjå nærmare omtale under kategori 07.60.
Stortinget slutta seg i revidert nasjonalbudsjett for 2003 til å etablere ein nordisk pris for framifrå forsking innanfor samfunnsvitskap og humaniora, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003). Holberg-prisen skal delast ut for første gong i 2004 i samband med at det er 250 år sidan Ludvig Holberg døydde. Saman med Abelprisen i matematikk skal Holberg-prisen rette fokus mot og motivere til forsking av framifrå vitskapleg kvalitet.
1.3 Fridom, tillit og ansvar
Vegen til betre kvalitet - i skolen og opplæringa, ved universiteta og høgskolar og i forskingsinstitusjonar - går gjennom å vise tillit. Utdanning og forsking krev motivasjon og innsats hos kvar og ein, frå førsteklassingen til professoren. Styresmaktene kan ikkje vedta at alle skal gjere sitt beste, men Regjeringa vil skape eit utdannings- og forskingssystem der elevar, lærlingar, lærarar, studentar og forskarar får fridom og utfordringar. Samstundes vil det bli stilt krav til kvalitet og resultat. Fridom saman med ansvar vil gjere det mogleg for kvar og ein å utvikle sitt eige talent og sin eigen dugleik.
Regjeringa har vedteke å overføre forhandlingsansvaret for lærarane og skoleleiarane frå staten til kommunane og fylkeskommunane frå og med 1. mai 2004. Overføringa er i tråd med målet til Regjeringa om auka lokal handlefridom. Ansvar for forhandlingane vil gjere det mogleg for kommunane og fylkeskommunane i større grad å styre og utvikle skolen og opplæringa, også i høve til kvalitetsutviklinga. Regjeringa har i St.meld. nr. 33 (2002-2003) Om ressurssituasjonen i grunnopplæringen sagt at ein vil føre vidare prinsippet om rammefinansiering av grunnskolen. Vidaregåande opplæring møter nye utfordringar, mellom anna på grunn av sterk auke i elevtalet i åra framover. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å greie ut finansieringa av vidaregåande opplæring. Regjeringa vil gi Stortinget ei årlig utgreiing om forholdet mellom kvalitetsutvikling i skolen og ressurssituasjonen. Denne vil gjelde både for grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet vil i den samanheng legge vekt på å gi Stortinget ein oppdatert analyse basert på nasjonale og internasjonale undersøkingar av det faglege nivået i skolen, læringsmiljø, data om ressurssituasjonen, og etter kvart også resultatene fra det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering.
Skal kommunar og fylkeskommunar kunne ta ansvar for å heve kvaliteten i grunnopplæringa, må dei også ha høve til å velje å arbeide på nye måtar. Detaljerte sentrale reglar er ei hindring for å utvikle kvaliteten i opplæringa. Internasjonale undersøkingar det siste tiåret peiker i retning av at det er positivt for læringsutbyttet til elevane å utvide sjølvstyret og handlefridommen i skolen når det gjeld organiseringa av opplæringa og korleis ressursane skal nyttast. Samtidig blir det lagt større vekt på at måla for opplæringa i skolen blir nådde.
Stortinget har etter forslag frå Regjeringa fjerna reglane i opplæringslova om klassar og klassedeling, jf. Innst. O nr. 126 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 67 (2002-2003). Målet med endringane er å styrkje undervisninga og leggje betre til rette for tilpassa opplæring av kvar elev. Skoleeigar og skole skal i større grad tilpasse undervisninga og arbeidstilhøva til dei lokale behova. Forsøk har vist at større fridom i organiseringa kan gi meir elevkontakt, betre samarbeid mellom lærarane og betre kvalitet på undervisninga. Reglane om klassedeling er erstatta av eit krav om at elevane skal organiserast i grupper som er forsvarlege både pedagogisk og i høve til tryggleik.
For at lærarane skal få nytta kompetansen sin på best mogleg måte, må skolen vere ein arbeidsplass som har klåre mål og forventningar, og som byggjer opp, inspirerer og korrigerer i det daglege arbeidet. Skoleleiing og skoleeigar har derfor ei svært viktig rolle i kvalitetsutviklinga i opplæringa. Regjeringa ser det som viktig at skoleleiaren får auka fridom og ansvar for å styre skolen.
Stortinget har slutta seg til ei ny lov om frittståande skolar, jf. Innst. O. nr. 80 (2002-2003), Innst. O. nr. 126 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 33 (2002-2003). Lova opnar for godkjenning av grunnskolar med eit opplæringstilbod som tilsvarar tilbodet i den offentlege skolen. Utgangspunktet for lova er den retten foreldre har til å velje opplæring for barna sine. Med den nye lova om frittståande skolar er denne retten utvida til å gjelde alle foreldre, ikkje berre dei som ønskjer at barna skal få opplæring som er bygd på eit religiøst eller pedagogisk alternativ. Eit nytt finansieringssystem sikrar likare vilkår mellom frittståande og offentlege skolar, jf. Innst. O. nr. 127 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 80 (2002-2003). Frittståande skolar vil kunne medverke til å gjere mangfaldet i Skole-Noreg større. Departementet vil følgje utviklinga når det gjeld dei frittståande grunnskolane, gjennom eit eige forskingsprosjekt. I tillegg tek departementet sikte på å leggje fram eit lovforslag våren 2004 om frittståande vidaregåande skolar.
Gjennom Kvalitetsreforma har institusjonane i høgre utdanning fått utvida fullmakter på fleire område. Kvar institusjon skal sjølv fastsetje korleis ein vil organisere institusjonen, kva for fagprofil ein vil ha, og dei skal lage eigne strategiar innanfor ramma av universitets- og høgskolelova.
Regjeringa vil også sikre institusjonane innanfor høgre utdanning større fridom i utforminga av studietilboda ved å utarbeide enklare og mindre detaljstyrande rammeplanar eller fjerne dei der det er forsvarleg. Nye rammeplanar for lærarutdanninga vart sette i kraft hausten 2003. Det er starta eit arbeid med å revidere rammeplanane i helsefaglege utdanningar, og nye planar på området skal etter det opplegget ein no arbeider etter, bli sette i verk hausten 2004.
Stortinget bad i Innst. S. nr. 337 (2000-2001), jf. St.meld. nr. 27 (2000-2001), Regjeringa om å foreslå ei felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Ved kongeleg resolusjon 6. desember 2002 vart det oppnemnt eit utval (Ryssdal-utvalet) for å greie ut eit slik lovverk. Utvalet la fram innstillinga si 23. september 2003, sjå nærare omtale under kategori 07.60.
Eit nytt reglement for samarbeidet mellom universitet og høgskolar og andre rettssubjekt vart sett i verk 1. januar 2003. Det nye reglementet gir institusjonane større fridom til å organisere den eksternt finansierte verksemda.
Regjeringa har gjennom innføring av nettobudsjettering gitt dei statlege universitets- og høgskoleinstitusjonane større fridom til å disponere midlane sine og til å sjå drift og investering i samanheng. Regjeringa vil frå 1. januar 2004 innføre nettobudsjettering også ved Noregs musikkhøgskole, Samisk høgskole, Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs veterinærhøgskole. Alle universitet og høgskolar vil da vere nettobudsjetterte.
1.4 Samarbeid og samspel med samfunns-, arbeids- og næringsliv
Regjeringa vil leggje til rette for at Noreg skal vere eit attraktivt land for investeringar og for utvikling av nye idear og verksemder, og legg derfor hausten 2003 fram ein plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Det overordna målet med planen er å auke verdiskapinga i næringslivet - ei verdiskaping som skal vere med og gi fellesskapet dei ressursane ein treng for å nå kulturelle, regionalpolitiske og velferdspolitiske mål. Utdanning og forsking spelar viktige roller i dette arbeidet. Planen er utarbeidd i samarbeid mellom fleire departement.
Eit nyskapande næringsliv er med på å sikre arbeidsplassar, levedyktige lokalsamfunn og kompetanse, idear, produkt og tenester. Entreprenørskap er mellom anna kompetanse innanfor nyskaping, kreativitet og etablering. Departementet reviderer strategiplanen for arbeidet med entreprenørskap i grunnopplæringa. Entreprenørskap skal gjerast synleg som utdanningsmål, og opplæringsinstitusjonane og lokalt arbeidsliv skal motiverast til auka samhandling. Auka samarbeid mellom skole, lokalsamfunn og næringsliv skal danne grunnlag for aktive lokalmiljø og nye arbeidsplassar.
Regjeringa vil gjennom arbeidet med kompetansepolitikken gjere synleg at utdanning er ein livslang prosess. Departementet har sett ned eit prosjekt som skal utarbeide ei nasjonal kompetanseberetning. Beretninga vil peike på ulike sider ved kompetanse og kva den kan ha å seie for velferd, innovasjon og verdiskaping. Framstillinga vil skje både gjennom bruk av statistikk og dokumentasjon og gjennom visuelle presentasjonar og forteljingar som kan leggje grunnlaget for drøfting av i kor stor grad ein nyttar kompetansen i samfunnet. Første utgåve av beretninga blir presentert hausten 2003. Den vil så bli utvikla vidare.
Med eit høgt lønns- og prisnivå må Noreg utvikle fortrinn som i større grad er grunnlagt på kunnskap og ny teknologi. Forsking og utvikling (FoU) vil vere avgjerande for å halde oppe konkurranseposisjonar, styrkje eksisterande verksemder og leggje grunnlaget for næringslivet i framtida. Satsing på grunnforsking av høg vitskapleg kvalitet er avgjerande for utvikling av nye instrument og metodar som kan opne for nye teknologiske vinstar. Forsking er i høgste grad internasjonal. For å få del i den internasjonale utviklinga av ny kunnskap må ein sjølv yte grunnforsking av høg kvalitet. Det gir tilgang til nasjonale og internasjonale nettverk av ekspertar og informasjon, og er avgjerande for kvaliteten på utdanninga av kandidatar til vidare forsking og til næringslivet. Satsing på grunnforsking med fokus på kvalitet og internasjonalisering er derfor ei av hovudsatsingane til Regjeringa. Det nye reglementet for samarbeid mellom universitet, høgskolar og andre rettssubjekt, endringane i arbeidstakaroppfinningslova, som gir universitet og høgskolar rett til å stå for kommersiell utnytting av forskingsresultat, og auka løyvingar til kommersialisering av slike resultat er konkrete tiltak for å betre samarbeidet mellom institusjonar og næringsliv. For meir omtale, sjå kategoriane 07.60 og 07.70.
Utdanning og arbeidsliv må sjåast i samanheng. Stortinget har slutta seg til ei ny lov om fagskoleutdanning, jf. Innst. O. nr. 78 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 32 (2002-2003). Lova gjer fagskoleutdanninga til ein sjølvstendig del av det norske utdanningssystemet. Lova vil stette behov i arbeidslivet for meir yrkeskompetanse og auka kvalitet i utdanninga. Lova vil medverke til at korte yrkesretta utdanningar blir eit reelt alternativ til lange utdanningsløp på universitet og høgskolar. Ei godkjend fagskoleutdanning i Noreg gir studentane rett til lån og stipend i Lånekassen.
Stortinget slutta seg vinteren 2003 til endringar i opplæringslova, jf. Innst. O. nr. 65 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 25 (2002-2003). Lova opnar no for at personar kan få vurdert og dokumentert realkompetansen sin også når formålet ikkje er vidare utdanning, men arbeid. Dette vil særleg gi høve til verdsetjing av kompetansen til innvandrarar og andre som har vanskar med å dokumentere yrkeskvalifikasjonane sine.
Dårleg eller mangelfull utdannings- og yrkesrettleiing kostar samfunnet og elevane mykje i form av feilval, omval og mistrivsel. God rettleiing kan medverke til at det blir eit betre samsvar mellom søkinga til ulike studieretningar i vidaregåande opplæring og det behovet arbeidslivet har for arbeidskraft. Departementet vil derfor arbeide for å auke kompetansen om rettleiing hos lærarane og rådgivarane. Kompetansehevinga i rådgivingstenesta har også som mål å styrkje utdannings- og yrkesrettleiinga for funksjonshemma ungdom og ungdom med minoritetsspråkleg bakgrunn. Departementet vil vidare vurdere styrkingstiltak på grunnlag av OECD-undersøkinga «Information, guidance and counseling services» og råd frå ei tverrdepartemental arbeidsgruppe.
Ein del elevar på yrkesfaglege studieretningar fell frå fordi opplæringa er for lite praktisk retta og for bunden til skolen som læringsarena. Regjeringa vil derfor at vedtak om organisering og gjennomføring av opplæring i størst mogleg grad skal skje lokalt. Ei endring i opplæringslova opnar for at fylkeskommunen i nokre tilfelle kan godkjenne lærekontrakt der heile eller større delar av opplæringa skal gjennomførast i bedrift, jf. Innst. O. nr. 126 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 67 (2002-2003).
Utviklinga på arbeidsmarknaden inneber nye utfordringar med omsyn til å gi den einskilde høve til å endre eller auke kompetansen sin for å kunne finne og halde på ein jobb. Dei fleste som er arbeidsledige, har ikkje fullført vidaregåande opplæring. Dei som manglar dokumentert og formell kompetanse, mister jobben først. Å gi høve til utdanning for dei som står svakast, vil kunne gjere dei mindre sårbare for framtidige svingingar i arbeidsmarknaden. Hausten 2003 vil Regjeringa i samarbeid med partane i arbeidslivet drøfte vidare korleis ein kan gjere kompetansepolitikken meir tilpassa ein skiftande arbeidsmarknad. Dette skjer på bakgrunn av det som alt er oppnådd gjennom Kompetansereforma.
Evaluering av ei rekkje prosjekt under Kompetansereforma syner at rammevilkåra er lagde betre til rette for vaksne si læring. Men det er framleis utfordringar knytte til informasjon og motivasjon. Departementet vil derfor satse på betre informasjon og rettleiing, særleg retta mot vaksne utan fullført vidaregåande opplæring. Departementet har hatt ein gjennomgang av tilskottsordninga til studieforbund og frittståande fjernundervisningsinstitusjonar for å vurdere korleis ordninga på ein best mogleg måte kan stimulere til livslang læring. Sjå nærmare omtale under kategori 07.50. Departementet vil også vurdere utviklinga i høve til om retten til grunnopplæring for dei vaksne blir følgde opp av kommunane og fylkeskommunane. Kvalitetsutvalet har lagt fram forslag om opplæring for vaksne i utgreiinga si, og dei vil bli følgde opp i stortingsmeldinga våren 2004.
Realkompetansesatsinga har medverka til ei breiare kunnskapsforståing og større grad av kontakt og samarbeid mellom utdanningssystemet og arbeidslivet. I det vidare arbeidet vil det bli lagt vekt på å sikre legitimitet, kvalitet og relevans for ordningane slik at arbeidslivet, utdanningssektoren og frivillig sektor tek dei i bruk. I tillegg skal ordningane utviklast vidare, og departementet vil hausten 2003 starte arbeidet med endringar i lov- og forskriftsverk for å få til ei betre realkompetansevurdering. Satsinga på å utvikle eit nasjonalt system for dokumentasjon av realkompetanse er blitt lagd merke til internasjonalt, og Noreg tek aktivt del i utvikling av felles europeiske ordningar på dette området.
1.5 Internasjonalt samarbeid
Utdanning og forsking blir i aukande grad internasjonaliserte. Både utforming av internasjonale regelverk gjennom mellom anna EU og WTO og aukande bruk av samanliknande undersøkingar medverkar til dette. Noreg arbeider aktivt i høve til utforming av regelverk og vedtak i ulike internasjonale organisasjonar. I tillegg vil ein nytte den kunnskapen ein får gjennom internasjonale undersøkingar i utforminga av den nasjonale politikken. Departementet prioriterer arbeidet knytt til EU, OECD og UNESCO og er dessutan involvert i prosessar innanfor WTO om GATS-forhandlingane. UFD er koordinerande departement for UNESCO-arbeidet i Noreg. I bistandsarbeidet medverkar departementet med fagkompetanse på utdanningsområdet gjennom ein rammeavtale med NORAD.
I EU er store delar av forskings- og utdanningssamarbeidet knytt til Lisboa-strategien, mellom anna når det gjeld dei framtidige måla for utdanningssystema i Europa og styrkt innsats på forskingsområdet. EU har som mål at Europa skal bli den mest konkurransedyktige og kunnskapsbaserte økonomien i verda innan 2010. Ei hovudsatsing er EUs sjette rammeprogram for forsking som er det mest omfattande forskingsprogrammet Noreg er med i. Ansvaret for koordineringa av EUs rammeprogram for forsking blir frå 1. januar 2004 overført frå Nærings- og handelsdepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Rammeprogrammet er eit sentralt verkemiddel for å realisere ambisjonen om eit europeisk forskingsområde (European Research Area). Også innanfor utdanning følgjer Noreg EU-arbeidet nært og har vorte invitert med i dei fleste ekspertgruppene på utdanningsområdet. Bologna-prosessen er eit samarbeid mellom utdanningsministrane i 40 europeiske land om å opprette eit europeisk rom for høgre utdanning innan 2010. Oppfølginga av Bologna-prosessen har hatt høg prioritet i Noreg og har vore sett i samanheng med arbeidet med Kvalitetsreforma. Noreg har fått i oppgåve å arrangere den neste ministerkonferansen om Bologna-prosessen i 2005. Sjå omtale under kategori 07.60.
Noreg vil medverke til utvikling av eit opent og rettferdig regelverk der det er teke omsyn til dei interessene som både fattige og rike land har. I det internasjonale arbeidet blir det i stadig sterkare grad lagt vekt på den viktige rolla som utdanning spelar for utvikling av demokrati, betre helse, betre miljøforståing og auka produktivitet i næringsliv, handel og økonomi. Regjeringa har som mål å auke den delen av bistandsbudsjettet som går til utdanningsformål.
1.6 Budsjettprioriteringar
Hovudelementa i Kvalitetsreforma i høgre utdanning er på plass hausten 2003. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til gjennomføring av Kvalitetsreforma med 517 mill. kroner i 2004. Av dette blir 292 mill. kroner løyvde til basisfinansieringa av institusjonane i høgre utdanning, mens 220 mill. kroner blir lagde inn i den resultatbaserte forskingskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Vidare foreslår Regjeringa å løyve 5 mill. kroner til eit nytt senter for internasjonalisering. Dei samla løyvingane til Kvalitetsreforma i budsjettet for 2004 utgjer 1 144 mill. kroner. Reforma er med denne løyvinga fullfinansiert i tråd med Stortinget sine føresetnader. Regjeringa foreslår vidare å løyve 55,5 mill. kroner til 200 nye rekrutteringsstillingar frå hausten 2004. Forskingsløyvinga i 2002 og 2003 auka med 410 mill. kroner ut over budsjettmidla nemnt over. Regjeringa foreslår i forslaget til statsbudsjett for 2004 å føre vidare desse løyvingane. Det er ein føresetnad at om lag 33,4 mill. kroner av desse midlane blir nytta til å delfinansiere dei 200 nye stipendiatstillingane. Det har i budsjettet for 2004 vore ei hovudprioritering å fullfinansiere Kvalitetsreforma. Løyvinga til bygging av studentbustader blir foreslått redusert med 30 mill. kroner.
Betre kommersiell utnytting av forskingsresultat er eit prioritert område for Regjeringa, som foreslår å auke løyvinga til desse formåla med 11 mill. kroner i 2004. Løyvinga skal mellom anna gå til oppbygging av teknologioverføringskontor ved fem av dei store institusjonane i universitets- og høgskolesektoren.
Regjeringa foreslår å løyve 13 mill. kroner til Senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg, fordelte med 3 mill. kroner til drift og 10 mill. kroner til utstyr. Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Senteret held til i mellombels lokale ved Universitetet i Oslo fram til restaureringa av Villa Grande er gjennomførd. Regjeringa sitt mål er å gjere Villa Grande til eit kraftsentrum for førebyggjande arbeid mot rasisme, diskriminering og brot på menneskerettar.
Budsjettforslaget inneber ei styrking av langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd med om lag 283 mill. kroner. Om lag 140 mill. kroner av dette er ei mellombels styrking i samsvar med endra fordeling av tippemidlane. For å styrkje norsk innsats innanfor EUs rammeprogram for forsking foreslår Regjeringa å løyve 48 mill. kroner til nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt. Bilateralt forskingssamarbeid og anna internasjonalt forskingssamarbeid gjennom Noregs forskingsråd blir foreslått styrkt med om lag 10 mill. kroner. Regjeringa foreslår vidare å auke løyvinga til vitskapleg utstyr med 77 mill. kroner i 2004. Av auken foreslår Regjeringa å bruke 43 mill. kroner til finansiering av ein PET-skannar (positronemisjonstomografi), som mellom anna skal nyttast til kreftforsking og -diagnostikk, mens 34 mill. kroner blir foreslått nytta til vitskapleg utstyr ved forskingsinstitutta.
Regjeringa har som mål å heve kvaliteten i alle delar av utdanninga. Som ledd i ei slik satsing vil Regjeringa foreslå å løyve 431 mill. kroner til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Dette er ein auke på 50 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2003. Arbeidet med å auke læringsutbyttet er eit prioritert område i Regjeringa si satsing på kvalitetsutvikling. Regjeringa arbeider derfor med å etablere eit system for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Kartlegging av elevane sin grunnleggjande kunnskap i basisfaga er eit av tiltaka innanfor eit slikt system. Eit anna tiltak er nettstaden Skoleporten.no, som skal synleggjere læringsresultat, læringsmiljø og læringsressursar. Regjeringa vil fordele 100 mill. kroner til kommunar og fylkeskommunar til kompetanseutvikling. Regjeringa vil vidare prioritere tiltak mot mobbing, uro og problemåtferd i skolen, og medverke til å fremme merksemd og ansvarskjensle for grunnleggjande verdiar i skolen. For å stimulere den einskilde skolen og lærebedriften til innsats, nytenking og kvalitetsheving vil Regjeringa føre vidare ordninga med demonstrasjonsskolar og demonstrasjonsbedrifter.
Regjeringa si satsing på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdanninga held fram i 2004. Infrastruktur, nasjonale utdanningsportalar, digitale læringsressursar og forsking og utvikling er sentrale tiltak i satsinga. Vidare er kompetanseutvikling for lærarstudentar, lærarar og skoleleiarar prioriterte tiltak.
For å setje skoleeigarane i stand til å satse på opprusting av skoleanlegg vil Regjeringa føre vidare tilskottsordninga der staten gir rentekompensasjon for lån til nybygg og rehabilitering. I 2004 foreslår Regjeringa ei investeringsramme på 2 mrd. kroner. Rentekompensasjonen blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Som et ledd i Regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom blir det foreslått å løyve 3 mill. kroner til tilrettelegging for funksjonshemma ved universitet og høgskoler og 1,5 mill. kroner til lydbøker for elevar med lese- og skrivevansker.
Regjeringa foreslår å innføre ei ny støtteordning for studiar i utlandet frå undervisningsåret 2004-05. Alle fagretningar skal gi rett til finansiering. Samstundes blir gebyrstipendet omgjort til skolepengestøtte. Skolepengestøtta skal bli gitt dels som stipend og dels som lån innanfor dagens satsar for gebyrstipend. Høgre gradsutdanningar og delstudium blir foreslåtte finansierte med 70 pst. stipend og 30 pst. lån. Lågare gradsutdanning blir foreslåtte finansiert med 50 pst. stipend og 50 pst. lån. All skolepengestøtte blir gitt utan behovsprøving mot studentane sin økonomi. Det blir vidare foreslått å utvide låneadgangen til inntil kr 50 000, slik at studentar kan søkje om lån utover det som kan bli gitt som skolepengestøtte. Regjeringa vil innføre eit tilretteleggingssemester ved gradsstudium i land med anna språk enn engelsk utanfor Norden. Tiltaket skal stimulere til at fleire studentar tek studieopphald i desse landa.
Frå 1. november 2002 vart utdanningsstipendet for elevar og studentar i høgre utdanning auka til 40 pst. av støttebeløpet. 15 pst. blir utbetalt som lån og gjort om til stipend når utdanninga er gjennomført (konverteringsstipend). Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at heile utdanningsstipendet blir omgjort til konverteringsstipend frå skoleåret 2004-05. Endringa er anslått til å gi ei innsparing på om lag 133 mill. kroner i 2004. Regjeringa foreslår at dei ulike støtteordningane blir ført vidare på nominelt nivå.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å redusere løyvingane til studieforbund med 40 mill. kroner i 2004. Vidare blir det foreslått å redusere tilskott til folkehøgskolar med 22 mill. kroner.
2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet
Innleiing
Forsking og utvikling (FoU) er eit av dei viktigaste satsingsområda til Regjeringa. Budsjettforslaget for 2004 inneber ei styrking av dei offentlege løyvingane til forsking og utvikling med 1,1 mrd. kroner. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til prioriterte forskingsområde, særleg til grunnleggjande forsking. Det er ei prioritert oppgåve å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid, og Regjeringa foreslår auka løyvingar til dette, særleg gjennom nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt. Vidare vil Regjeringa setje i gang arbeidet med ei ny stortingsmelding om forsking. Regjeringa vil leggje fram ein plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk hausten 2003. Forsking er viktig for innovasjon og vil derfor stå sentralt i denne planen.
Mål og utfordringar
Regjeringa har som mål å trappe opp norsk forskingsinnsats til minst gjennomsnittleg OECD-nivå innan 2005. Dette er i tråd med opptrappingsplanen for forskingsløyvingane som vart lagt fram i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001, jf. Innst. S. nr. 325 (2000-2001) og St.prp. nr. 84 (2000-2001). Opptrappingsplanen varsla behov for ei styrking av dei offentlege forskingsløyvingane på 1 mrd. kroner årleg i perioden 2002-2005 for å nå målet om ein FoU-innsats på OECD-snittet, målt som prosent av BNP. Ei hovudutfordring i Noreg er å auke forskingsinnsatsen i næringslivet. Opptrappingsplanen føreset at næringslivet står for 60 pst. av auken.
Sidan Regjeringa tiltredde i 2001, er løyvingane til forsking over statsbudsjettet styrkte med 1,6 mrd. kroner. Med budsjettforslaget for 2004 blir den samla auken 2,7 mrd. kroner. I tillegg til styrkinga av offentleg forsking har Regjeringa sørgt for langt betre og meir stabile rammevilkår for forsking i næringslivet. Ei ordning med skattefrådrag for investeringar i forsking og utviling i næringslivet, Skattefunn, vart innført i 2002. Eit overslag syner at ordninga truleg vil gi verksemdene redusert skatt på om lag 1,5 mrd. kroner i 2003. Ordninga er dermed eit kraftig verkemiddel for å styrkje evna til forsking og utvikling i næringslivet.
I Noreg vart det brukt 24,5 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i 2001, som er det siste året det finst offisiell statistikk for. FoU-utgiftene utgjorde da 1,6 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP). Til samanlikning var OECD-gjennomsnittet på om lag 2,3 pst. FoU-statistikken for 2001 viser at offentlege kjelder finansierte 39,5 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg, mens næringslivet stod for 51,1 pst. og utanlandske og andre kjelder stod for 9,4 pst. Sidan opptrappingsplanen vart lagt fram, har OECD-målet vorte langt vanskelegare å nå, først og fremst på grunn av anken i det norske bruttonasjonalproduktet. Innsatsen for å nå målet medverker likevel til ei historisk styrking av norsk forsking og ei naudsynt investering i Noregs framtid.
Prioriteringar i 2004-budsjettet
Langsiktig, grunnleggjande forsking
Hovudprioriteringa for Regjeringa er å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga, både gjennom dei direkte løyvingane til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren og gjennom Noregs forskingsråd. Dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskolar aukar med om lag 300 mill. kroner. Dei auka løyvingane vil mellom anna gi rom for 200 nye rekrutteringsstillingar frå hausten 2004. Budsjetta til universitet og høgskolar blir styrkte med 517 mill. kroner i samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma. I alt er meir enn 1,1 mrd. kroner sette av til denne reforma i 2004, inkludert dei midlane som er vidareførte frå 2003. Løyvinga til langsiktig, grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd er styrkt med 77 mill. kroner som følgje av auka avkasting frå Fondet for forsking og nyskaping. Forskingsrådet vil nytte midlane i tråd med dei overordna prioriteringane i forskingspolitikken, jf. kap. 286 post 50. I tillegg kjem ein eittårig auke på om lag 140 mill. kroner i samband med endra fordeling av tippemiddeloverskottet, jf. kap. 285 post 52. Regjeringa forslår å nytte om lag halvparten av desse midlane til vitskapleg utstyr gjennom Noregs forskingsråd. 34 mill. kroner er øyremerkte forskingsinstitutta, og vitskapleg utstyr innanfor nanoteknologi skal prioriterast. Vidare forslår Regjeringa å anke løyvinga til grunnleggjande forsking innanfor samfunnstryggleik og beredskap over budsjettet til Justisdepartementet.
Tematiske satsingsområde
Dei tematiske satsingsområda marin forsking, medisinsk og helsefagleg forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi er prioriterte, jf. St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille.
Innanfor satsinga på marin forsking foreslår Regjeringa mellom anna å prioritere havbruksforskinga for å ta ut det auka verdiskapingspotensialet som ligg i dyrking av marine produkt langs norskekysten. Forsking innanfor trygg sjømat skal framleis prioriterast. Satsinga på torsk som kommersiell oppdrettsart blir styrkt ytterlegare i 2004 ved at det er sett av midlar til ein avlsstasjon for torsk innanfor løyvinga til Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforsking AS (Fiskeriforsking) i Tromsø. Satsing på innovasjon, forsking og utvikling er ein føresetnad for å auke verdiskapinga i marin sektor. Regjeringa har starta opp eit tverrdepartementalt arbeid med marin verdiskaping, jf. omtale i budsjettproposisjonen til Fiskeridepartementet. Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til bygging av eit marinlaboratorium ved Kings Bay AS i Ny-Ålesund, jf. kap. 285 post 52. Laboratoriet vil også vere viktig for miljøforsking.
Som eit ledd i satsinga på medisinsk og helsefagleg forsking foreslår Regjeringa mellom anna å auke løyvingane til folkehelseforsking og forsking spesielt retta mot kvinnehelse. Vidare vil Regjeringa styrkje innsatsen mot fattigdomsrelaterte sjukdommar gjennom utvikling av ei nasjonal satsing på global helseforsking. Forsking på stamceller frå fødte menneske (adulte stamceller) er også eit prioritert område. Sjå nærmare omtale i budsjettproposisjonen til Helsedepartementet. Regjeringa foreslår å løyve dei resterande 43 mill. kronene til etablering av eit positronemisjonstomografi-senter (PET) i Noreg over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Verksemda i PET-senteret vil i hovudsak vere forskingsretta, men det kliniske arbeidet vil òg vere viktig. Dette gjeld særleg diagnostikk ved nokre kreftformer, men i aukande grad også innanfor nevrologi, kardiologi og psykiatri. Sjå meir omtale under kap. 285 post 52. Vidare foreslår Regjeringa å styrkje forskinga om kvinner og barn som har vore utsette for vald, jf. budsjettproposisjonen til Barne- og familiedepartementet. Regjeringa foreslår òg å auke løyvingane til næringsmiddelforsking og ernæringsforsking, med særleg vekt på trygge matvarer, jf. omtale i budsjettproposisjonen til Landbruksdepartementet.
Innanfor satsinga på IKT-forsking foreslår Regjeringa å auke løyvingane til telekommunikasjonsforsking og forsking knytt til bruk av IKT i transportsektoren over budsjettet til Samferdsledepartementet. Innanfor løyvinga til IKT-forsking gjennom Noregs forskingsråd over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet blir brukarstyrt forsking prioritert. Vidare foreslår Regjeringa å nytte 4,5 mill. kroner over kap. 285 post 52 til å styrkje IKT-infrastrukturen ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking gjennom å investere i eit såkalla «Laboratory Information Management System». Systemet vil gjere det mogleg å samordne all laboratorieaktiviteten ved instituttet, og vil gi forskarar, næringsliv og forvaltning meir effektiv tilgang til analyseresultata.
Regjeringa foreslår å styrkje forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi med mellom anna ei løyving på 50 mill. kroner til utvikling av reinseteknologi for gasskraftverk over budsjettet til Olje- og energidepartementet. Dette er ein auke på 30 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2003. Regjeringa vil styrkje arbeidet for at Noreg og norsk teknologimiljø, i samarbeid med andre land, skal få ein sterk posisjon i utvikling av teknologi som kan redusere CO2-utsleppa frå kraftproduksjonen. Vidare foreslår Regjeringa å auke løyvingane til bioenergiforsking og forsking om klimaendringar og -utvikling, samt forsking om det potensialet skogen har for auka binding av CO2. Sjå omtale i budsjettproposisjonen til Landbruksdepartementet.
Petroleumsforsking
Regjeringa foreslår å styrkje petroleumsforskinga med 28,5 mill. kroner. Auken skal gå til oppstart av eit nytt stort petroleumsforskingsprogram i Noregs forskingsråd. Programmet vil ta utgangspunkt i strategiar og planar som er utarbeidde i samarbeid med næringa om ein heilskapleg og fokusert FoU-satsing innanfor sektoren. Auka satsing på FoU vil mellom anna medverke til å utnytte og forvalte petroleumsressursane på ein effektiv og berekraftig måte. Sjå nærmare omtale i budsjettproposisjonen til Olje- og energidepartementet.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Regjeringa legg stor vekt på å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid. Forskingssamarbeidet gjennom EU blir stadig viktigare, og i samband med utviklinga av eit europeisk forskingsområde (European Research Area) blir internasjonalt forskingssamarbeid i aukande grad integrert i den nasjonale forskinga. I EU sitt sjette rammeprogram for forsking er prosjekta meir omfattande enn i tidlegare rammeprogram. For at norske FoU-miljø skal kunne delta i prosjekt under det sjette rammeprogrammet, er det eit stort behov for midlar til nasjonal tilleggsfinansiering. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve 48 mill. kroner til EU-arbeid gjennom Noregs forskingsråd i 2004. Nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt skal prioriterast. Løyvinga til anna internasjonalt forskingssamarbeid i Forskingsrådet, med vekt på bilateralt samarbeid, er styrkt med 10 mill. kroner, jf. omtale under kap. 285 post 52. Også innanfor forskingsrådsløyvinga frå Nærings- og handelsdepartementet er internasjonalt forskingssamarbeid høgt prioritert. Ansvaret for koordinering av EUs rammeprogram for forsking blir overført frå Nærings- og handelsdepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet frå 1. jaunar 2004.
Genomforsking
I 2002 vart det starta opp ei samla, nasjonal satsing på funksjonell genomforsking (FUGE). I 2003-budsjettet vart løyvinga til FUGE auka frå 100 mill. kroner til 150 mill. kroner. Satsinga er tverrsektoriell og vil styrkje biologisk grunnforsking så vel som marin og medisinsk forsking. FUGE-satsinga blir ført vidare i 2004. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve 15 mill. kroner til norsk deltaking i internasjonale prosjekt for kartlegging av genoma til storfe og torsk. Sjå omtale under kap. 286 post 50 og kap. 285 post 52.
Kommersialisering av forsking
Regjeringa har som mål å auke kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar. Med endringane i universitets- og høgskolelova, jf. Innst. O. nr. 58 (2001-2002) og Ot.prp. nr. 40 (2001-2002) og arbeidstakaroppfinningslova, jf. Innst. O. nr. 6 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 67 (2001-2002), har universitet og høgskolar fått auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner gjennom FORNY-programmet i Noregs forskingsråd slik at institusjonane kan ivareta desse oppgåvene. Dette er ein auke på 5,5 mill. kroner frå 2003. FORNY-programmet får også løyvingar over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår vidare å løyve til saman 5,5 mill. kroner til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor.
Overslag over FoU-løyvingar i statsbudsjettet
Offentleg finansiering av norsk forsking byggjer på sektorprinsippet. Det inneber at kvart departement er ansvarleg for forsking på sin sektor. Alle departementa gir løyvingar til forsking. Kvart år utarbeider Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) ein statsbudsjettanalyse. Statsbudsjettanalysen viser at meir enn 110 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i NIFUs data, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å rekne ut eit overslag over dei samla FoU-utgiftene på statsbudsjettet.
Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2004 er om lag 13,8 mrd. kroner, jf. tabellen under. Dette er ein auke på om lag 8,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2003.
Overslag over løyvingane1 til forsking over statsbudsjettet (i mill. kroner)
Departement | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Endring 2003/2004 (i pst.) |
---|---|---|---|
Utanriksdepartementet | 383 | 383 | 0,0 |
Utdannings- og forskingsdepartementet | 6 428 | 7 900 | 22,92 |
Kultur- og kyrkjedepartementet | 75 | 80 | 6,7 |
Justisdepartementet | 20 | 22 | 10,0 |
Kommunal- og regionaldepartementet | 161 | 159 | -1,2 |
Sosialdepartementet | 73 | 79 | 8,2 |
Helsedepartementet | 797 | 852 | 6,9 |
Barne- og familiedepartementet | 46 | 49 | 6,5 |
Nærings- og handelsdepartementet | 1 472 | 1090 | -26,03 |
Fiskeridepartementet | 620 | 588 | -5,24 |
Landbruksdepartementet | 456 | 460 | 0,9 |
Samferdselsdepartementet | 198 | 208 | 5,1 |
Miljøverndepartementet | 378 | 381 | 0,8 |
Arbeids- og administrasjonsdepartementet | 316 | 121 | -61,7 |
Finansdepartementet | 72 | 69 | -4,2 |
Forsvarsdepartementet | 8505 | 879 | 3,4 |
Olje- og energidepartementet | 310 | 334 | 7,7 |
Statsbankane | 22 | 127 | 477,36 |
Totalt | 12 677 | 13 781 | 8,77 |
1 Tala er nettotal, dvs. korrigerte for bruttobudsjettering.
2 Den store auken skriv seg mellom anna frå at løyvinga til EUs rammeprogram for forsking er flytta frå Nærings- og handelsdepartementet. Korrigert for denne tekniske endringa er det ein auke på 14 pst.
3 Den store reduksjonen skriv seg mellom anna frå at løyvinga til EUs rammeprogram for forsking er flytta til Utdannings- og forskingsdepartementet, og frå at løyvinga til FoU-kontraktar er flytt til den nye innovasjonseininga, jf. statsbankane. Korrigert for desse tekniske endringane er det ein auke på 1,4 pst.
4 Reduksjonen skriv seg i hovudsak frå at løyvinga til bygging av nytt havforskingsfartøy er justert ut frå og med 2004, samt frå rammeoverføringar mellom Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet som er knytte til etablering av Mattilsynet.
5 Talet skil seg vesentleg frå det somstod i St.prp. nr. 1 (2002-2003). Dette skriv seg frå atNIFU med bakgrunn i FoU-undersøkinga for 2001 har endraoverslaget over FoU-løyvingane på budsjettet tilForsvarsdepartementet.
6 Auken skriv seg frå rammeoverføringar frå Nærings- og handelsdepartementet.
7 Om lag 200 mill. kroner av auken er knytt til at budsjetteringsmåten for løyvinga til EUs rammeprogram for forsking har vorte endra. Korrigert for dette er det ein auke på 7,1 pst.
Det blir berekna FoU-delar av løyvingar til bygg som blir nytta til forskingsformål. Nedgangen i FoU over budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet skriv seg frå at løyvingane til slike bygg er reduserte med 182 mill. kroner i høve til 2003.
Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld meir detaljert omtale av dei forskjellige forskingssatsingane.
Ny forskingsmelding
Det er vanleg å fremme stortingsmeldingar om forsking med jamne mellomrom. På denne måten kan Regjeringa gi ei heilskapleg vurdering av målsetjingane og prioriteringane i forskingspolitikken. Den førre forskingsmeldinga vart lagd fram våren 1999. Regjeringa vil i 2004 arbeide med ei ny stortingsmelding om forsking, med sikte på å leggje ho fram våren 2005. Meldinga vil mellom anna innehalde ein gjennomgang av den norske forskingsinstituttsektoren. Ho vil òg ta for seg utviklinga innanfor det internasjonale forskingssamarbeidet og konsekvensar dette vil ha for norsk forsking. Arbeidet med forskingsmeldinga vil bli forankra i Regjeringas forskingsutval. Sekretariatet for utvalet ligg i Utdannings- og forskingsdepartementet.
Noregs forskingsråd
Som ei oppfølging av evalueringa av Noregs forskingsråd trakk Regjeringa opp hovudlinjene for ei omorganisering av Forskingsrådet i St.prp. nr. 1 (2002-2003). I desember 2002 vart nye vedtekter fastsette og nytt hovudstyre vart utnemnd. Den nye organiseringa av rådet trod i kraft 1. september 2003. Dei seks tidlegare fagområda er erstatta av tre divisjonar: Divisjon for vitskap, Divisjon for store satsingar og Divisjon for innovasjon. Omorganiseringa skal mellom anna syte for at grunnforsking og innovasjon blir ivaretekne på ein betre måte enn hittil.
Forskingsrådet er ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. I 2003 blir om lag 33 pst. av statlege midlar til forsking, eller til saman meir enn 4,1 mrd. kroner, kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Løyvingane frå departementa til Forskingsrådet omfattar både generelle faglege løyvingar, instituttløyvingar og særskilde midlar som er øyremerkte til einskilde program eller prosjekt. I tillegg kjem ein del av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping. I 2004 introduserer Forskingsrådet eit nytt verkemiddel kalla «Store program». Dette er tverrgåaende, målretta satsingar som skal dekkje heile spektret frå grunnforsking til anvend forsking og næringsretta forsking. Programma vil bli finansierte av fleire departement. Etableringa av dette verkemidlet er i tråd med tilrådingane frå evalueringa av Forskingsrådet.
Utdannings- og forskingsdepartementet er forvaltningsdepartement for Forskingsrådet, men rådet får løyvingar frå alle departementa, med unntak av Forsvarsdepartementet. Det er stor skilnad på storleiken på løyvingane frå dei ulike departementa. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytande departementa i 2004-budsjettet.
Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane (i 1 000 kr)
Kap./post | Departement | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
---|---|---|---|
285/52 og 55 | Utdannings- og forskingsdepartementet | 1 149 4861 | 1 362 3022 |
920/50 | Nærings- og handelsdepartementet | 844 535 | 849 500 |
1830/50 | Olje- og energidepartementet | 235 000 | 293 500 |
1023/50 | Fiskeridepartementet | 230 000 | 236 000 |
1137/50 | Landbruksdepartementet | 142 683 | 148 020 |
1410/51 og 52 | Miljøverndepartementet | 126 018 | 126 518 |
701/50 | Helsedepartementet | 108 400 | 121 585 |
1301/503 | Samferdselsdepartementet | 104 800 | 112 600 |
286/50 | Fondet for forsking og nyskaping | 528 821 | 606 205 |
Sum | 3 469 743 | 3 856 230 |
1 Av dette er 431,7 mill. kroner avkastning frå den delen av Forskingsfondet som skal erstatte tippemidlane til forsking, jf. omtale under kap. 285 post 52 i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
2 Av dette er 883 mill. kroner avkastning frå den delen av Forskingsfondet som skal erstatte tippemidlane til forsking, jf. omtale under kap. 285 post 52.
3 Ein mindre del av løyvinga på posten gjeld forsking utanom Noregs forskingsråd.
Som tabellen viser, aukar løyvingane til Forskingsrådet frå dei største bidragsytande departementa med nær 400 mill. kroner. Korrigert for tekniske endringar er det ein samla nominell auke på om lag 11 pst. i høve til 2003. Løyvingane over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, inkludert avkastninga frå Forskingsfondet, aukar mest. Dette er i tråd med prioriteringa av langsiktig, grunnleggjande forsking. Om lag 140 mill. kroner av auken er ei mellombels styrking i samsvar med endra fordeling av tippemiddeloverskottet. Auka løyvingar over budsjetta til dei andre departementa gjeld i hovudsak styrking av dei fire tematiske satsingsområda, jf. omtale ovanfor.
I tillegg får Noregs forskingsråd løyvingar frå ei rekkje andre departement. Desse løyvingane er øyremerkte spesielle forskingsprogram og institutt.
Sjå også nærmare omtale av Noregs forskingsråd under kategori 07.70.
3 Fornying, organisasjons- og strukturendring
Viktige endringar på grunnopplæringsområdet som Regjeringa har foreslått for Stortinget i 2002-03 er nærmare omtalt i:
St.prp. nr. 1 (2002-2003) Tillegg nr. 3 (2002-2003)
Ot.prp. nr. 67 (2002-2003) Om større lokal handlefridom i grunnopplæringa
Ot.prp. nr. 80 (2002-2003) Om tillegg til Ot.prp. nr. 33 (2002-2003) Om lov om frittståande skolar (friskolelova)
Forslag til endringar i den statlege utdanningsadministrasjonen som er omtalt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2003 (St.prp. nr. 65 (2002-2003)
St.meld.nr. 33 (2002-2003) Om ressurssituasjonen i grunnopplæringa
Ot.prp. nr. 32 (2002-2003) Om lov om fagskoleutdanning
Regjeringa arbeider med fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen og vil komme tilbake med konkrete forslag i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Frå 2001 til 2003 har dei fleste universiteta og høgskolane vorte omdanna til nettobudsjetterte institusjonar. Innføringa av nettobudsjettering har gitt desse institusjonane auka fleksibilitet med omsyn til å disponere sine eigne midlar. Nettobudsjetterte institusjonar får eit statstilskott som er lik differansen mellom brutto utgifter og inntekter. Økonomireglementet for staten og funksjonelle krav til økonomiforvaltninga i staten vil framleis gjelde for desse institusjonane, med dei unntaka som gjeld for nettobudsjetterte institusjonar. I 2002 oppretta departementet ein prosjektorganisasjon for å førebu innføring av nettobudsjettering for dei resterande 27 høgskolane. Departementet forslår å leggje om Noregs Musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo, Samisk høgskole og Noregs veterinærhøgskole til nettobudsjetterte institusjonar 1. januar 2004, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og 5. Alle universitet og høgskoler er dermed nettobudsjetterte.
Meteorologisk institutt er eit ordinært statleg forvaltningsorgan. Departementet har gitt Statskonsult i oppdrag å sjå på instituttet si tilknyting til staten, og på forholdet mellom marknadsverksemda og dei statsfinansierte tenestene. Statskonsult la fram ei utgreiing av dette spørsmålet sommaren 2003. Tilrådinga frå Statskonsult er at marknadsverksemda ved Meteorologisk institutt ikkje bør skiljast ut no, og at instituttet bør omdannast til eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Departementet tek sikte på å komme tilbake til denne saka i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-04).
Som ledd i Regjeringa sitt moderniseringsarbeid og for å auke kvaliteten på tenestene som blir tilbydde kundane, har det vore gjennomført eit prosjekt som har lagt fram ulike strategiar for modernisering av Statens lånekasse for utdanning. Vidare oppfølging vil bli skissert i ei stortingsmelding hausten 2003.
4 Bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Utdannings- og forskingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2003 | Forslag 2004 |
0202 | 70 | Tilskott til læremiddel o.a. | 5 086 | 36 397 |
0224 | 68 | Det samiske utdanningsområdet | 395 | 36 962 |
0226 | 21 | Særskilde driftsutgifter | 430 934 | |
0248 | 21 | Særskilde driftsutgifter | 3 641 | 121 845 |
0259 | 21 | Særskilde driftsutgifter | 22 507 | 40 718 |
0270 | 75 | Tilskott til bygging av studentbustader | 16 880 | 170 158 |
0281 | 76 | Tilskott til NORDUnet | 10 501 | 20 555 |
0281 | 79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim | 144 729 | 617 984 |
0283 | 72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt | 1 265 | 42 129 |
0288 | 73 | EUs rammeprogram for forsking | 570 000 |
5 Oversikt over forslaget til budsjett for Utdannings- og forskingsdepartementet
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
Administrasjon | |||||
0200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200) | 151 563 | 156 766 | 166 359 | 6,1 |
0202 | Læringssenteret (jf. kap. 3202) | 106 839 | 115 477 | 120 721 | 4,5 |
0203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203) | 115 899 | 109 812 | 108 409 | -1,3 |
0204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204) | 5 651 | 5 600 | 5 661 | 1,1 |
0206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 25 687 | 26 689 | 26 433 | -1,0 |
Sum kategori 07.10 | 405 639 | 414 344 | 427 583 | 3,2 | |
Grunnopplæringa | |||||
0221 | Grunnskolen (jf. kap. 3221) | 1 892 476 | 1 573 154 | 1 243 735 | -20,9 |
0222 | Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222) | 46 069 | 43 381 | 49 273 | 13,6 |
0223 | Vidaregåande opplæring | 262 543 | 262 404 | 251 190 | -4,3 |
0224 | Fellestiltak i grunnopplæringa | 342 884 | 266 819 | 273 242 | 2,4 |
0226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 395 238 | 381 818 | 430 934 | 12,9 |
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 108 649 | 107 697 | 88 905 | -17,4 |
Sum kategori 07.20 | 3 047 859 | 2 635 273 | 2 337 279 | -11,3 | |
Andre tiltak i utdanninga | |||||
0240 | Frittståande skolar o.a. | 1 303 999 | 1 778 133 | 1 880 394 | 5,8 |
0243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243) | 873 003 | 833 377 | 677 807 | -18,7 |
0248 | Særskilde IKT-tiltak i utdanninga | 228 865 | 164 226 | 124 853 | -24,0 |
0249 | Andre tiltak i utdanninga | 55 560 | 56 646 | 25 343 | -55,3 |
Sum kategori 07.40 | 2 461 427 | 2 832 382 | 2 708 397 | -4,4 | |
Vaksenopplæring | |||||
0251 | Fagskoleutdanning | 110 648 | 274 987 | 148,5 | |
0253 | Folkehøgskolar | 406 171 | 509 100 | 496 972 | -2,4 |
0254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254) | 1 073 038 | 833 723 | 179 868 | -78,4 |
0256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256) | 62 630 | 60 360 | 60 918 | 0,9 |
0258 | Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa | 75 322 | 60 585 | 52 545 | -13,3 |
0259 | Kompetanseutviklingsprogrammet | 96 724 | 60 718 | 40 718 | -32,9 |
Sum kategori 07.50 | 1 713 885 | 1 635 134 | 1 106 008 | -32,4 | |
Høgre utdanning | |||||
0260 | Universitetet i Oslo | 2 622 957 | 2 778 775 | 3 012 046 | 8,4 |
0261 | Universitetet i Bergen | 1 593 685 | 1 623 346 | 1 763 386 | 8,6 |
0262 | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 2 055 510 | 2 232 589 | 2 398 868 | 7,4 |
0263 | Universitetet i Tromsø | 890 105 | 984 309 | 1 070 808 | 8,8 |
0264 | Noregs handelshøgskole | 209 882 | 211 905 | 233 697 | 10,3 |
0265 | Arkitekthøgskolen i Oslo | 60 070 | 75 726 | 81 919 | 8,2 |
0268 | Noregs idrettshøgskole | 95 582 | 99 912 | 106 070 | 6,2 |
0269 | Noregs musikkhøgskole | 104 577 | 113 617 | 118 165 | 4,0 |
0270 | Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar | 453 611 | 334 771 | 307 462 | -8,2 |
0273 | Statlege kunsthøgskolar | 173 236 | 223 016 | 224 944 | 0,9 |
0274 | Statlege høgskolar | 6 689 866 | 6 575 053 | 6 909 470 | 5,1 |
0278 | Noregs landbrukshøgskole | 399 661 | 414 007 | 446 695 | 7,9 |
0279 | Noregs veterinærhøgskole | 269 472 | 264 268 | 193 636 | -26,7 |
0281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281) | 573 650 | 833 258 | 1 172 569 | 40,7 |
0282 | Privat høgskoleutdanning | 445 021 | 511 485 | 571 244 | 11,7 |
Sum kategori 07.60 | 16 636 885 | 17 276 037 | 18 610 979 | 7,7 | |
Forsking | |||||
0283 | Meteorologisk institutt (jf. kap. 3283) | 362 766 | 371 718 | 353 310 | -5,0 |
0285 | Noregs forskingsråd | 884 413 | 1 149 486 | 1 362 302 | 18,5 |
0286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286) | 17 350 462 | 3 528 821 | 606 205 | -82,8 |
0287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287) | 294 646 | 117 353 | 125 528 | 7,0 |
0288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288) | 130 225 | 151 419 | 737 637 | 387,1 |
Sum kategori 07.70 | 19 022 512 | 5 318 797 | 3 184 982 | -40,1 | |
Utdanningsfinansiering | |||||
2410 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310) | 18 059 587 | 19 653 075 | 22 055 336 | 12,2 |
Sum kategori 07.80 | 18 059 587 | 19 653 075 | 22 055 336 | 12,2 | |
Sum programområde 07 | 61 347 794 | 49 765 042 | 50 430 564 | 1,3 | |
Sum utgifter | 61 347 794 | 49 765 042 | 50 430 564 | 1,3 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Postgr. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
01-29 | Driftsutgifter | 8 309 694 | 3 759 432 | 2 971 625 | -21,0 |
30-49 | Nybygg, anlegg o.a. | 220 007 | 121 465 | 43 488 | -64,2 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskapar | 9 950 895 | 18 156 170 | 21 384 162 | 17,8 |
60-69 | Overføring til kommunesektoren | 4 889 284 | 2 672 715 | 1 565 076 | -41,4 |
70-89 | Overføring til private | 11 186 226 | 12 129 052 | 11 716 013 | -3,4 |
90-99 | Utlån, avdrag o.a. | 26 791 688 | 12 926 208 | 12 750 200 | -1,4 |
Sum under departementet | 61 347 794 | 49 765 042 | 50 430 564 | 1,3 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
Administrasjon | |||||
3200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200) | 8 122 | 2 598 | 2 692 | 3,6 |
3202 | Læringssenteret (jf. kap. 202) | 16 791 | 17 564 | 18 196 | 3,6 |
3203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 203) | 23 189 | 12 063 | 12 497 | 3,6 |
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204) | 353 | 220 | 228 | 3,6 |
Sum kategori 07.10 | 48 455 | 32 445 | 33 613 | 3,6 | |
Grunnopplæringa | |||||
3221 | Grunnskolen (jf. kap. 221) | 46 388 | 41 243 | 50 147 | 21,6 |
3222 | Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222) | 2 972 | 364 | 377 | 3,6 |
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 8 838 | 6 181 | 5 362 | -13,3 |
Sum kategori 07.20 | 58 198 | 47 788 | 55 886 | 16,9 | |
Andre tiltak i utdanninga | |||||
3243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243) | 97 402 | 45 289 | 46 918 | 3,6 |
Sum kategori 07.40 | 97 402 | 45 289 | 46 918 | 3,6 | |
Vaksenopplæring | |||||
3254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254) | 84 744 | 25 836 | -100,0 | |
3256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256) | 13 806 | 10 548 | 10 928 | 3,6 |
Sum kategori 07.50 | 98 550 | 36 384 | 10 928 | -70,0 | |
Høgre utdanning | |||||
3265 | Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265) | 11 477 | |||
3269 | Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269) | 6 259 | 1 512 | -100,0 | |
3273 | Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273) | 7 714 | 5 962 | -100,0 | |
3274 | Statlege høgskolar (jf. kap. 274) | 587 476 | 4 081 | -100,0 | |
3279 | Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279) | 124 601 | 80 023 | -100,0 | |
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281) | 6 461 | 1 335 | 10 | -99,3 |
Sum kategori 07.60 | 743 988 | 92 913 | 10 | -100,0 | |
Forsking | |||||
3283 | Meteorologisk institutt (jf. kap. 283) | 155 871 | 160 954 | 135 359 | -15,9 |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286) | 525 462 | 1 251 740 | 1 917 884 | 53,2 |
3287 | Forskningsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287) | 12 400 | 16 962 | 36,8 | |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288) | 705 | 4 865 | 4 754 | -2,3 |
Sum kategori 07.70 | 682 038 | 1 429 959 | 2 074 959 | 45,1 | |
Utdanningsfinansiering | |||||
5310 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 6 160 893 | 6 713 856 | 7 875 869 | 17,3 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 5 175 058 | 6 033 000 | 3 847 700 | -36,2 |
Sum kategori 07.80 | 11 335 951 | 12 746 856 | 11 723 569 | -8,0 | |
Sum programområde 07 | 13 064 582 | 14 431 634 | 13 945 883 | -3,4 | |
Sum inntekter | 13 064 582 | 14 431 634 | 13 945 883 | -3,4 |
Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Postgr. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
01-29 | Sal av varer og tenester o.a. | 1 216 527 | 429 032 | 295 824 | -31,0 |
50-89 | Skatter, avgifter og andre overføringar | 5 822 897 | 7 441 602 | 5 920 059 | -20,4 |
90-99 | Utlån, avdrag o.a. | 6 025 158 | 6 561 000 | 7 730 000 | 17,8 |
Sum under departementet | 13 064 582 | 14 431 634 | 13 945 883 | -3,4 |