Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 07.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
0200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200) | 151 563 | 156 766 | 166 359 | 6,1 |
0202 | Læringssenteret (jf. kap. 3202) | 106 839 | 115 477 | 120 721 | 4,5 |
0203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203) | 115 899 | 109 812 | 108 409 | -1,3 |
0204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204) | 5 651 | 5 600 | 5 661 | 1,1 |
0206 | Samisk utdanningsadministrasjon | 25 687 | 26 689 | 26 433 | -1,0 |
Sum kategori 07.10 | 405 639 | 414 344 | 427 583 | 3,2 |
Budsjettforslaget på programkategori 07.10 utgjer om lag 427,6 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 13,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003. Av dette skriv om lag 7,4 mill. kroner seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3200 | Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200) | 8 122 | 2 598 | 2 692 | 3,6 |
3202 | Læringssenteret (jf. kap. 202) | 16 791 | 17 564 | 18 196 | 3,6 |
3203 | Statens utdanningskontor (jf. kap. 203) | 23 189 | 12 063 | 12 497 | 3,6 |
3204 | Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204) | 353 | 220 | 228 | 3,6 |
Sum kategori 07.10 | 48 455 | 32 445 | 33 613 | 3,6 |
Budsjettforslaget for programkategori 07.10 utgjer om lag 33,6 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 1,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003.
Mål: Utforme Regjeringa sin utdannings- og forskingspolitikk og sikre at denne blir gjennomført i sektorane
Utdannings- og forskingsdepartementet har det overordna ansvaret for utforminga og gjennomføringa av den nasjonale politikken innanfor kunnskapssektoren. Departementet har òg forvaltningsansvar for store delar av tenesteytinga i sektoren. Utdannings- og forskingsdepartementet skal arbeide for eit godt utdanningssystem på høgt fagleg nivå med brei rekruttering og produktive forskingsmiljø av høg internasjonal kvalitet.
Departementet og verksemdene i utdannings- og forskingssektoren står framfor store oppgåver med tanke på å følgje opp dei måla Regjeringa og Stortinget har for sektoren.
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing. Sjå omtale under kap. 204.
Som oppfølging av St.meld. nr. 31 (2000-2001) «Kommune, fylke, stat - en bedre oppgavefordeling» vart dei statlege utdanningskontora innlemma i fylkesmannsembetet frå 1. januar 2003, jf. omtale under kap. 203.
Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med omorganisering av den statlege utdanningsadministrasjonen. Fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen inngår i Regjeringa sin samla strategi for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Arbeidet tek utgangspunkt i dei hovudlinjene som er trekte opp i St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003, og Stortinget si handsaming av denne, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003).
I det vidare arbeidet vil det bli lagt stor vekt på komitémerknadene frå Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 65 (2002-2003), mellom anna at det skal leggjast vekt på å styrkje utviklingsoppgåvene i eit nytt og omdanna Læringssenter. Regjeringa vil komme nærmare tilbake med ei konkretisering av forslaget om å fornye den statlege utdanningsadministrasjonen i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Regjeringa har valt utdanning, med særleg vekt på grunnopplæringa, som eit sentralt område for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Arbeidet med modernisering omfattar ei rekkje tiltak og prosessar som skal styrkje kvaliteten på tenestetilboda, gi større fridom lokalt, betre ressursutnyttinga og styrkje brukarmedverknaden og sikre interessene til brukarane. Det blir arbeidd innanfor fleire område:
Utvalet for kvalitet i grunnopplæringa leverte sommaren 2003 innstillinga si. Etter at innstillinga har vore til brei høring, vil departementet leggje fram ei melding til Stortinget. Meldinga skal omfatte innhald og struktur i grunnopplæringa.
Departementet vil arbeide vidare med å etablere eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering av grunnopplæringa. Dette vil gi styresmaktene, foreldra, skoleeigarar, allmenheita og skolen betre grunnlag for å vurdere og utvikle kvaliteten på norsk skole.
For ytterlegare å auke det lokale handlingsrommet vil departementet arbeide vidare med endringar i opplæringslova.
Departementet vil fremme forslag til ny lov om frittståande vidaregåande skolar.
Departementet har starta arbeidet med å vurdere finansieringa av vidaregåande opplæring.
Arbeidet med betring av tenestene i Statens lånekasse for utdanning tek utgangspunkt i målsetjinga om å auke kvaliteten i sakshandsaminga og betre servicen for brukarane. Regjeringa vil komme nærmare tilbake til spørsmålet om val av moderniseringsstrategi for Lånekassen i ei stortingsmelding hausten 2003. Regjeringa har likevel teke avgjerd om at det ikkje er aktuelt å velje ein strategi der bankane overtek store delar av oppgåvene til Lånekassen. Sjå nærmare omtale under kategori 07.80.
Kvalitetsreforma er ei omfattande omlegging av høgre utdanning i Noreg. Kvaliteten på både utdanning og forsking skal bli betre, samarbeidet med samfunns- og næringsliv skal bli tettare, det internasjonale aspektet skal styrkjast, og intensiteten i utdanninga skal aukast. Utdanningsinstitusjonane har frå hausten 2003 fått på plass dei faglege, økonomiske og organisatoriske hovudelementa i Kvalitetsreforma. Sjå nærmare omtale under kategori 07.60.
Det internasjonale arbeidet i departementet omfattar aktiv deltaking i ulike forum og aktivitetar i Nordisk Ministerråd, EU/EØS, OECD, Europarådet og UNESCO. Det internasjonale samarbeidet skal mellom anna medverke til å styrkje kvaliteten og dekkje kompetansebehova i norsk utdanning og forsking. Departementet legg stor vekt på å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid. Dette blir óg lagt til grunn i Forskingsrådet sin strategi for internasjonalisering.
I tråd med rammeavtalen med NORAD fungerer departementet som eit fagsenter når det gjeld samarbeid om drift og utvikling av utdanningssystem i utviklingsland, samt gjennomføring av reformer.
Det er inngått samarbeid med Noregs forskingsråd om eit langsiktig program for utdanningsforsking for perioden 2003-07. Formålet med programmet er å styrkje norsk utdanningsforsking, bidra til langsiktig kunnskap om utdanning og læring, styrkje kunnskapsgrunnlaget for utdannings- og forskingspolitikken, samt bidra til det offentlege ordskifte om kunnskap, utdanning og læring.
Mål: Målretta og heilskapleg styring skal setje sektorane og underliggjande verksemder i stand til å løyse oppgåvene sine på ein god og effektiv måte
Departementet ønskjer gjennom auka grad av fristilling å leggje til rette for at universitet og høgskolar kan utføre oppgåvene sine på ein meir effektiv måte, og har derfor til dømes utarbeidd mindre detaljerte rammeplanar for lærarutdanninga og eit nytt regelverk for ekstern finansiert verksemd ved universitet og høgskolar. I tillegg er nettobudsjettering av alle institusjonar fullført. Departementet tek sikte på å leggje fram for Stortinget forslag om eit nytt lovverk for høgre utdanning våren 2004, jf. omtale under kategori 07.60.
Departementet har sett i gang eit tverrdepartementalt prosjekt om sektoransvaret for forsking og styringa av løyvingane til Noregs forskingsråd. Prosjektet blir avslutta hausten 2003, og departementet vil følgje opp prosjektet i 2004.
Departementet satsar kontinuerleg på å utvikle etatsstyringa slik at politikken til Regjeringa blir gjennomført på ein god og effektiv måte.
Departementet legg vekt på å ha ein god dialog med kommunesektoren, som har ansvaret for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
Det vart 31. januar 2003 fremma ein kongeleg resolusjon om å overføre forhandlingsansvaret for undervisningspersonell i skoleverket frå staten til kommunar og fylkeskommunar. Overføringa vil skje med verknad frå 1. mai 2004. Det er kommunar og fylkeskommunar som eig skolane og er arbeidsgivar for undervisningspersonalet. Overføring av forhandlingsansvaret inneber ei samling av alle sider ved arbeidsgivaransvaret.
Kap. 200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 3200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 147 724 | 152 327 | 159 897 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 009 | 2 146 | 4 123 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 1 830 | 2 293 | 2 339 |
Sum kap. 200 | 151 563 | 156 766 | 166 359 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er oppjustert med kr 286 000 mot tilsvarande nedjustering av kap. 288 post 21 i samband med at UNESCO sitt ASP-nettverk er flytt til kap. 200.
Post 01 er oppjustert med 5,2 mill. kroner mot tilsvarande nedjustering av kap. 281 i samband med overføring av arbeidsoppgåver til departementet frå i hovudsak Noregsnettrådet og departementets oppfølging av arbeidet med ny universitetsklinikk i Trondheim, jf. Innst. S. nr. 220 (1999-2000).
Post 01 er nedjustert med kr 352 000 i samband med avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 01 er oppjustert med kr 446 000 i samband med brukarbetaling av tenester i Statens forvaltningstjeneste.
Post 01 er oppjustert med kr 640 000 i samband med overføring av EUs rammeprogram frå Nærings- og handelsdepartementet.
Kapitlet omfattar:
lønn og drift i departementet
Regjeringa sitt arbeid med forskingspolitikken
kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet
Resultatrapport for 2002-03
Kvalitetsreforma er frå hausten 2003 innført ved universitet og høgskolar, og departementet har følgt opp merknader frå Stortinget. Frå 1. januar 2003 vart Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) oppretta, og oppgåver er delegerte frå departementet til NOKUT. For å styrkje arbeidsmiljøet til studentane er lov om høgre utdanning endra slik at Arbeidstilsynet har tilsynsansvar med arbeidsmiljøet til studentane. Departementet har arbeidd med å utvikle vidare forskingskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Målet har vore å få fram indikatorar som betre gir eit bilete på kvaliteten i forskinga, jf. omtale under kategori 07.60.
Departementet har arbeidd vidare med å følgje opp evalueringa av Noregs forskingsråd. Forskingsrådet fekk nye vedtekter og nytt hovudstyre frå 20. desember 2002. Departementet har sett i gang to prosjekt i 2003: ein gjennomgang av finansieringa av norsk grunnforsking og eit prosjekt som ser på sektoransvaret for forsking og korleis departementa styrer Noregs forskingsråd.
1. januar 2003 var 253 stillingar lønte under kap. 200 over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Dette er ein auke på åtte stillingar i høve til 1. januar 2002. Auken er eit resultat av overføringa av sekretariatet til UNESCO frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet. I tillegg finansierte departementet stillingar over fagkapittel knytt til einskilde prosjekt. I perioden 2002-03 har departementet i tillegg til dei faste budsjettproposisjonane utarbeidd følgjande meldingar og proposisjonar som er lagde fram for Stortinget:
St.meld. nr. 21 (2002-2003) Kilder til kunnskap Om ny støtteordning gjennom lånekassen for unge elever i ordinær videregående opplæring
St.meld. nr. 33 (2002-2003) Om ressurssituasjonen i grunnopplæringen m.m.
St.meld. nr. 39 (2002-2003) Ei blot til lyst. Om kunst og kultur i og i tilknyning til grunnskolen
Ot.prp. nr. 25 (2002-2003) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Om gratisprinsippet i grunnskolen
Ot.prp. nr. 32 (2002-2003) Om lov om fagskoleutdanning
Ot.prp. nr. 33 (2002-2003) Om lov om frittståande skolar (friskolelova)
Ot.prp. nr. 65 (2002-2003) Om lov om endringer i lov 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler
Ot.prp. nr. 67 (2002-2003) Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Ot.prp. nr. 80 (2002-2003) Om tillegg til Ot.prp. nr. 33 (2002-2003) Om lov om frittståande skolar (friskolelova)
Fleire av desse dokumenta er knytte til departementet sitt arbeid med forenkling av rammevilkåra for grunnopplæringa.
Det har blitt utarbeidd nye rammeplanar for lærarutdanninga, jf. St.meld. nr. 16 (2001-2002) Kvalitetsreformen - Om ny lærerutdanning.
I 2002 starta departementet eit arbeid med felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Ved kongeleg resolusjon 6. desember 2002 vart det oppnemnt eit offentleg utval som skulle greie ut og komme med forslag til eit felles lovverk for høgre utdanning. Utvalet hadde ei brei fagleg samansetjing og har vore leid av advokat Anders Ryssdal. Utvalet la fram innstillinga si 23. september 2003.
Det går føre seg eit arbeid i departementet om tiltaka i Kompetansereforma har den tilsikta effekten, og kva for vilkår som må liggje til grunn for å nå målet om livslang læring for alle, jf. omtale under kategori 07.50.
Departementet har arbeidd med oppfølging av lov om fagskoleutdanning. Forskriftene har vore på høring. Departementet vil følgje opp høringsfråsegnene. Det er etablert ei tilskottsordning til tekniske fagskolar, og midlar er trekte ut av rammetilskottet til fylkeskommunane.
Departementet har gjennomgått norskopplæring for vaksne innvandrarar. Tilskottet blir overført til Kommunal- og regionaldepartementet frå 1. januar 2004, medan Utdannings- og forskingsdepartementet framleis skal ha det faglege ansvaret for denne opplæringa.
Det internasjonale arbeidet i departementet har involvert alle områda i organisasjonen, og har vore retta mot både nordiske, europeiske og globale problemstillingar.
I 2002 hadde Noreg formannskapet i Nordisk Ministerråd. Dette innebar mellom anna at Noreg leidde dei nordiske komiteane som handsamar utdannings- og forskingssaker. Noreg sette «Morgendagens Norden» som overskrift for formannskapsprogrammet i 2002, med barn og unge som eitt av tre innsatsområde. Departementet følgde opp dette med eit særskilt sektorprogram for utdanning og forsking.
Nordisk Ministerråd gjennomførte i 2002 som ledd i bistandspolitikken ein temakonferanse om utdanning for dei nordiske statsrådane for utdanning og utvikling. Vidare har Noreg teke initiativ til eit scenarioprosjekt om «Morgendagens skole i Norden». På forskingsområdet har ein mellom anna lagt vekt på implementering av eit pilotprosjekt om nordiske senter for framifrå forsking: «Nordic Centres of Excellence».
EU har vedteke ei eiga plattform for utdanningsområdet som oppfølging av den overordna Lisboa-strategien for å gjere Europa til «den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verden». Gjennom ein open koordineringsmetode blir det utvikla indikatorar innanfor 13 vedtekne målområde på utdanningsområdet. Noreg er invitert til å ta aktiv del i dette arbeidet. Dette vil gi gode moglegheiter for å samanlikne norsk utdanning med utdanning i EU-medlemslanda.
Departementet har hatt ansvar for sekretariatet til den norske UNESCO-kommisjonen sidan 1. januar 2003. Driftsutgifter og oppgåvene knytte til UNESCO-sekretariatet er finansierte over dette kapitlet. Sjå kap. 288 for løyving til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid og norsk medlemskontingent til UNESCO.
Som ledd i departementet sitt samarbeid med NORAD har ein hatt prosessar knytt til bistand og utdanning med Nepal, Bangladesh, Zambia og Tanzania. Departementet har i 2003 leidd arbeidet med etablering av eit strategidokument for det norske UNESCO-arbeidet fram til og med 2007 i samsvar med UNESCO sin eigen seksårsplan.
Det vart halde ein UNESCO-konferanse «Globalization and Higher Education: Implications for North-South Dialogue» i Oslo i mai 2003, med 170 deltakarar frå om lag 60 land. Noreg har som ei oppfølging av konferansen fremma ei sak til UNESCO si generalkonferanse i oktober 2003.
For å styrkje Noreg si rolle i UNESCO-arbeidet vart det i 2003 oppretta ei UNESCO-stilling ved ambassaden i Paris.
Å fremme likestilling i utdanning, opplæring og forsking er eit viktig utdannings- og forskingspolitisk mål. Det norske utdanningssystemet skal førebu elevar og studentar på utdannings- og yrkesval i tråd med evner og interesser uavhengig av tradisjonelle kjønnsrolleforventningar.
Som ei oppfølging av Forskingsrådet sin rapport «Kvinner i forskning», som konkluderer med at likestillingsperspektivet må integrerast i heile verksemda ved institusjonane, vil det hausten 2003 bli oppretta ein komité for integreringstiltak. Universitets- og høgskolerådet vil ha sekretariatsansvar for denne. Sjå meir omtale under kategoriane 07.60 og 07.70.
Sommaren 2003 vart rapporten «Problematiske gutter og fraværende menn - fagblikk og perspektiver på kjønn i skolen» send ut til skolar og høgre utdanningsinstitusjonar. Rapporten rettar mellom anna søkjelyset mot behovet for å rekruttere fleire menn til lærarutdanning og arbeid i skolen. Ein eigen nettstad for menn i skolen vart oppretta av departementet i 2002. Denne nettstaden vil hausten 2003 bli utvida og vidareutvikla.
Vurdering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettarbeidet 2003-2004 er presentert i eit eige eksempelvedlegg til budsjettet. Utdannings- og forskingsdepartementet rettar i dette vedlegget særskilt fokus mot dei store skilnadene i resultat mellom jenter og gutar i grunnopplæringa. Sjå meir omtale av likestillingstiltak i grunnopplæringa under kategori 07.20.
«Ingen hindring» har vore slagordet for markeringane i Noreg av det europeiske året for funksjonshemma i 2003. Utdanning har vore eitt av fire fokusområder.
Utdanningsportalen www.utdanning.no vart lansert i 2003. Dette er ein portal med felles inngang til nettbasert informasjon om norsk utdanning og læring. Portalen har livslang læring som perspektiv og samlar tenester og læringsressursar som kan vere nyttige i grunnskolen, høgre utdanning og etter- og vidareutdanning. Utdanning.no gir mellom anna oversikt over utdanningstilbod og kurs i heile landet.
Resultatmål for 2004
Utdannings- og forskingsdepartementet har det overordna ansvaret for utforminga og gjennomføringa av den nasjonale politikken innanfor kunnskapssektoren. Departementet har òg forvaltningsansvar for store delar av tenesteytinga i sektoren. Utdannings- og forskingsdepartementet skal arbeide for eit godt utdanningssystem på høgt fagleg nivå med brei rekruttering og produktive forskingsmiljø av høg internasjonal kvalitet.
Departementet og verksemdene i utdannings- og forskingssektoren står framfor store oppgåver med tanke på å følgje opp dei måla Regjeringa og Stortinget har for sektoren.
Utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2004 mellom anna arbeide med følgjande prosjekt og større arbeid:
ei melding til Stortinget om innhald og struktur i grunnopplæringa, herunder om ressurssituasjonen i skolen
arbeide vidare med kvalitetsutvikling av grunnopplæringa, mellom anna eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering, kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar og eit godt lærings- og oppvekstmiljø, jf. kap. 202 og kategori 07.20
ytterlegare endringar i opplæringslova for å auke det lokale handlingsrommet
nytt lovforslag om frittståande vidaregåande skolar
vurdere finansieringa av vidaregåande opplæring
fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen
arbeide med felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar gjennom å følgje opp innstillinga frå Ryssdal-utvalet
arbeide vidare med å utvikle forskingskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar
følgje opp stortingsmeldinga om modernisering av Lånekassen som blir lagd fram hausten 2003
setje i verk «Program for digital kompetanse 2004-2008», jf. kap. 248
fortsetje arbeidet med å undersøkje om tiltaka i Kompetansereforma har den tilsikta effekten, og kva for vilkår som må liggje til grunn for å nå målet om livslang læring for alle, jf. omtale under kategori 07.50
fortsetje arbeidet med å følgje opp lov om fagskoleutdanning med utarbeiding av forskrifter
følgje opp satsing på langsiktig utdanningsforsking under Noregs forskingsråd, jf. kap. 226, 259 og 281
ei ny stortingsmelding om forsking, som etter planen skal leggjast fram våren 2005
ein gjennomgang av den norske forskingsinstitutt-sektoren
ei utgreiing om lovfesting av dei forskingsetiske komiteane og eit system som kan handsame fusk i forsking
fremme likestilling gjennom å integrere kjønnsperspektivet i alt sektorarbeid
følgje opp dei satsingsområda for likestillingsarbeidet i sektoren som er tiltak retta mot grunnopplæringa, jf. kategori 07.20, og rekruttering til vitskaplege stillingar i høgre utdanning og forsking, jf. kategoriane 07.60 og 07.70
innhente kunnskap og gjennomføre analyser som grunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken
ta del i internasjonale undersøkingar av læringsutbytte i basisfaga, mellom anna vidare utvikling og meir systematisk bruk av nasjonale kartleggingsprøver
følgje opp Brügge-prosessen om å byggje ned hindringar knytte til ulike krav til yrkeskvalifikasjonar i dei ulike landa, for å medverke til auka mobilitet av arbeidskraft
gi innspel og ta del i arbeidet med utvikling av indikatorar i Lisboa-prosessen
følgje opp Bologna-prosessen nasjonalt
følgje opp sekretariatsansvaret for heile Bologna-prosessen i perioden 2003-05, jf. omtale under kategori 07.60
følgje opp strategien for det norske UNESCO-arbeidet
i samarbeid med berørte departement og Noregs forskingsråd leggje til rette for styrkja norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og medverke aktivt i utviklinga av eit europeisk forskingsområde (ERA)
ta del i utdanningsprogramma Leonardo da Vinci og Sokrates. Dette inneber deltaking i programkomitear og underkomitear på både nasjonalt og europeisk nivå, samt rapporteringsverksemd knytt til programma
ta del i arbeidsgrupper innanfor dei 13 definerte delmåla for utdanning, mellom anna utvikling av indikatorar, benchmarking og best practice
arbeide vidare med ein nasjonal kompetanseberetning. Rapporten vil peike på ulike sider ved kompetanse og kva den kan ha å seie for velferd, innovasjon og verdiskaping. Sjå omtale under hovudinnleiinga
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 skal dekkje lønn og drift i departementet. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3200 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga blir ført vidare om lag på same nivå som i 2003. Auken på posten skuldast i hovudsak tekniske endringar.
Løyvinga på post 21 dekkjer mellom anna utgifter knytte til arbeidet i Regjeringa med forskingspolitikken. Post 21 er oppjustert i høve til 2003 i samband med norsk deltaking i EXPO 2005 i Aichi i Japan og vidareføring av arbeidet med Kompetanseberetningen med høvevis 0,5 og 1,4 mill. kroner.
Løyvinga på post 45 gjeld kjøp av datautstyr, programvare og tenester som blir nytta til utviklinga av IKT-systemet i departementet. Løyvinga på post 45 blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 3200 Utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
02 | Salsinntekter o.a. | 405 | ||
05 | Refusjon utdanningsbistand NORAD o.a. | 2 376 | 2 598 | 2 692 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 2 406 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 63 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 872 | ||
Sum kap. 3200 | 8 122 | 2 598 | 2 692 |
Kap. 202 Læringssenteret (jf. kap. 3202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 68 557 | 73 019 | 76 734 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan nyttast under post 70 | 8 958 | 7 326 | 7 590 |
70 | Tilskott til læremiddel o.a. , kan overførast, kan nyttast under post 21 | 29 324 | 35 132 | 36 397 |
Sum kap. 202 | 106 839 | 115 477 | 120 721 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er oppjustert med 1,2 mill. kroner mot tilsvarande nedjustering av kap. 281 post 01 i samband med at oppgåver og stillingar er overført frå Statens lærerkurs.
Post 01 er oppjustert med 2,1 mill. kroner i samband med overføring av ansvaret for språkprøven i norsk for vaksne innvandrarar frå kap. 258 post 21.
Post 01 er nedjustert med kr 169 000 i samband med avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Læringssenteret skal i hovudsak ha sentrale oppgåver knytte til kvalitetsutvikling i grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. kap. 224, 226, 243 og 248. Tilskottspost 70 blir gitt eigen omtale nedanfor.
Læringssenteret har dessutan forvaltningsansvaret for:
å gjennomføre avgangsprøver i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring
å fordele statstilskott til læremiddelutvikling og -produksjon
å sikre grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring eit breitt tilbod av læremiddel
å utarbeide rettleiingar og anna pedagogisk støttemateriell til grunnskolen og vidaregåande opplæring
å drive Skolenettet med ulike tilbod som læringsressurs for grunnskole og vidaregåande opplæring
Med utgangspunkt i Innst. S. nr. 260 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003) vil Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei nærmare konkretisering av forslaget om fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004), jf. omtale i kategoriinnleiinga.
Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Resultatrapport for 2002-03
Etter to års drift ønskte styret ved Læringssenteret og departementet å setje i verk ein gjennomgang av Læringssenteret som organisasjon og finne ut kor nøgde brukarane var med Læringssenteret. Gjennomgangen viste at skoleeigarane og tilsette var rimeleg nøgde med dei oppgåvene Læringssenteret utførte.
Vurdering av kvaliteten i skole og fagopplæring er ei sentral oppgåve i Læringssenteret. Læringssenteret har vidareutvikla og betra arbeidet med den årlege tilstandsrapporten for sektoren. Støttetiltak for skolebasert vurdering er òg vidareutvikla og betra. Elevinspektørane og Ressursbanken er dei viktigaste tiltaka saman med oppfølginga av dei nasjonale kartleggingsprøvene i lesing.
Arbeidet med avgangsprøva i grunnskolen og eksamen i vidaregåande opplæring er den største forvaltningsoppgåva til Læringssenteret, og vil vere ei permanent utfordring.
Undersøkingar syner at negativ åtferd, herunder mobbing og diskriminering, framleis er eit alvorleg problem i skolen. Læringssenteret har utarbeidd ein heilskapleg plan for arbeidet med lærings- og oppvekstmiljøet, der det mellom anna blir fokusert på arbeidet mot mobbing, vald, rasisme og diskriminering. Arbeidet med å spreie Olweus-programmet og andre program med dokumentert effekt, har vore ei viktig oppgåve. Læringssenteret har òg prioritert arbeidet med å styrkje medvit om og formidling av verdiar, mellom anna gjennom prosjektet «Verdier i skolehverdagen».
Internasjonale samanliknande undersøkingar, til dømes PISA, syner at norske elevar berre får middels gode resultat. Læringssenteret har ansvaret for den nasjonale oppfølginga, og aktiviteten i arbeidet med å heve kvaliteten på opplæringa har auka. Viktige oppgåver for Læringssenteret på dette området har vore å tildele midlar til demonstrasjons- og bonusskolar for 2002. Ordninga vart utvida i 2003, og ti demonstrasjonsbedrifter har vorte inkluderte i ordninga. Eit anna viktig tiltak for å auke kvaliteten på opplæringa er ei nyoppretta stipendordning for lærarar. Sommaren 2003 delte Læringssenteret ut 1 001 stipend til vidareutdanning i norsk, matematikk og samisk.
I samarbeid med fylkesmannsembeta og skoleeigarane har Læringssenteret arbeidd aktivt for å føre vidare strategiane for kvalitetsutviklingsprosjekta i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.
Læringssenteret har hatt under arbeid om lag 25 læreplanar for grunnskolen og vidaregåande opplæring.
Det er etablert ei fast ordning der Læringssenteret gir fagleg vurdering av søknader om etablering av frittståande skolar med utgangspunkt i lov om friskolar. Søknadene blir vurderte mot fastsette læreplanar i grunnskolen og vidaregåande opplæring.
Resultatmål for 2004
Læringssenteret skal på oppdrag frå departementet gjennomføre oppgåver og andre tiltak knytte til dette kapitlet og til kap. 224, 226, 243 og 248. Sjå kategori 7.20 og kap. 226 for nærmare omtale av einskilde tiltak.
Læringssenteret sine hovudoppgåver vil i 2004 mellom anna vere å:
setje i verk eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering av norsk grunnopplæring og i denne samanheng gjennomføre dei første nasjonale prøver våren 2004 og ta i bruk «Skoleporten.no». Dette skal medverke til kvalitetsutvikling gjennom informerte avgjerder på alle nivå i opplæringssystemet
medverke til å utvikle lærarane sin kompetanse for å styrkje elevane og lærlingane sitt læringsutbytte i basisfag
fordele kompetanseutviklingsmidlar til kommunar og fylkeskommunar
følgje opp nasjonale strategiplanar, til dømes for realfag, lesing, entreprenørskap og språklege minoritetar, for å utvikle elevane og lærlingane sin grunnleggjande kompetanse og sikre ei tilpassa opplæring for alle
stimulere til pedagogisk nytenking og leggje til rette for erfaringsbasert kompetanseutvikling ved å følgje opp arbeidet med ordningar som demonstrasjonsskolar og -bedrifter og skoleeigarpris
følgje opp strategi for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og føre vidare samarbeid med andre departement om gjennomføring av ulike handlingsplanar
samle inn, vurdere og spreie erfaringar frå vellukka kvalitetsutviklingsprosjekt i heile grunnopplæringa
Læringssenteret skal vidare:
revidere og utvikle nye læreplanar etter oppdrag frå departementet
koordinere og kvalitetssikre det nasjonale arbeidet med elev- og lærlingvurdering og føre vidare deltaking i internasjonale undersøkingar for å kartleggje læringsutbytte
følgje opp og stimulere til internasjonalt samarbeid gjennom deltaking i samarbeid om kvalitetsutvikling
arbeide med evaluering og forsking etter oppdrag frå departementet, og informere om resultat
utarbeide ein handlingsplan for det vidare arbeidet med PP-tenesta
føre vidare arbeidet med IKT i grunnopplæringa innanfor «Programmet for digital kompetanse 2004-2008»
levere relevant informasjon og dokumentasjon for sektoren
føre vidare ordninga med fagleg vurdering av søknader om etablering av frittståande skolar
sørgje for utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel, inkludert digitale læremiddel, for ulike grupper, og prioritere udekte område
medverke til at arbeidet med kvalitetsutvikling på det samiske området blir ført vidare
samarbeide med kommunesektoren og andre skoleeigarar, fylkesmannsembeta, Sametinget, Statleg spesialpedagogisk støttesystem, partane i arbeidslivet, VOX, Foreldreutvalet for grunnskolen, universitet og høgskolar
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 skal dekkje driftsutgiftene ved Læringssenteret. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3202 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 gjeld verksemd som Læringssenteret driv med som oppdrag, i hovudsak frå andre statlege institusjonar. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. I tillegg kan løyvinga på post 21 nyttast under post 70.
Løyvingane på postane 01 og 21 blir førte vidare på same nivå som i 2003.
Post 70 Tilskott til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga gjeld tilskott til utvikling og produksjon av læremiddel for små elevgrupper og smale fagområde, og tilskott til utvikling og produksjon av særskilt tilrettelagde læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar. Ordningane blir forvalta av Læringssenteret.
Tilskottsordningane skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel til alle elevgrupper, også dei som er så små at det ikkje er grunnlag for kommersiell utvikling.
Resultatrapport for 2002-03
Det er utvikla læremiddel for språklege minoritetar, læremiddel for små fag i vidaregåande opplæring, digitale læremiddel og særskilt tilrettelagde læremiddel. Matematikk har vore eit prioritert fag på fleire av områda. Det er utvikla både trykte og digitale læremiddel innanfor alle områda. I tillegg er det gjennomført og sett i gang fleire forskings- og evalueringsprosjekt innanfor læremiddelområdet.
Eit gjennomgåande læreverk i norsk som andrespråk for grunnskolen og eit læreverk i muntleg norsk for vaksne innvandrarar er ferdigstilt. Dei første komponentane i ein ny læremiddelserie i urdu 1.-4. er gitt ut. Prosjekta som vart sette i gang i 2001 er følgde opp. Nordisk ordbokprosjekt LEXIN er ført vidare. Einspråkleg norsk ordbok, norsk-engelsk ordbok og biletsider med biletord på tamil, engelsk, bokmål og nynorsk er lanserte. Norsk-tamil miniordbok er ferdigstilt. Ein nettstad for språklege minoritetar på Skolenett er lansert.
Det er sett i gang utvikling av læremiddel innanfor dei to nye studieretningane media og kommunikasjon og sal og service. Evaluering av digitale læremiddel innanfor romteknologi og naturbruk er sett i gang. Det har ikkje komme inn søknader om dispensasjon frå kravet om begge målformer i læremiddel.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på posten blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 3202 Læringssenteret (jf. kap. 202)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 3 933 | 7 004 | 7 256 |
02 | Salsinntekter o.a. | 10 182 | 10 560 | 10 940 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 033 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 643 | ||
Sum kap. 3202 | 16 791 | 17 564 | 18 196 |
Post 02 gjeld inntekter frå sal av hefte, bøker, video og CD-ar knytte til grunnopplæringa.
Kap. 203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 110 835 | 108 612 | 107 166 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 5 064 | 1 200 | 1 243 |
Sum kap. 203 | 115 899 | 109 812 | 108 409 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 01 er nedjustert med kr 478 000 som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift og kr 237 000 som følgje av avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet omfattar drift av 18 regionale einingar av statleg utdanningsadministrasjon. Dei tidlegare statlege utdanningskontora vart integrerte i fylkesmannsembeta frå 1. januar 2003. Oppgåvene som utdanningskontora hadde ved årsskiftet, vart førte vidare i påvente av ein heilskapleg organisasjonsgjennomgang av statleg utdanningsadministrasjon. Med utgangspunkt i Innst. S. nr. 260 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003) vil Regjeringa komme tilbake til Stortinget med konkretisering av oppgåve- og ansvarsdeling i den statlege utdanningsadministrasjonen i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004), jf. omtale i kategoriinnleiinga.
Arbeidsoppgåvene til regional statleg utdanningsadministrasjon er mellom anna:
tilsyn og kontroll med at lover blir handheva, og klagehandsaming
medverke til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
informasjon og rettleiing
vurdering, resultatoppfølging og rapportering
løpande forvaltningsoppgåver, mellom anna tilskottsforvaltning
Resultatrapport for 2002
Den regionale statlege utdanningsadministrasjonen har i 2002 gjennomført tilsyn og ført kontroll med at kommunar og fylkeskommunar overheld regelverk som gjeld opplæring og utdanning. Kontora har vidare handsama klagesaker som mellom anna gjeld saker om rettane til elevar, lærlingar og lærekandidatar. I tillegg har kontora ført tilsyn med private skolar, særleg med faglege og økonomiske tilhøve.
Den regionale statlege utdanningsadministrasjonen hadde også i 2002 viktige oppgåver i samband med den fireårige handlingsplanen for «Kvalitetsutvikling i grunnskolen og videregående opplæring 2000-2003». I tillegg til fordeling av statlege midlar på grunnlag av godkjende kommunale planar omfattar oppgåvene rettleiing og sakshandsaming knytt til lokalt utviklingsarbeid i kommunar og fylkeskommunar, også i spørsmål som gjeld IKT i utdanninga. I gjennomføringa av Samtak har kontora i 2002 hatt ei viktig koordinerings- og pådrivarrolle. Kontora har spelt ei viktig rolle i gjennomføringa av handlingsplanen for IKT i norsk utdanning, med særleg vekt på bruk av IKT i opplæringa.
Den regionale statlege utdanningsadministrasjonen har med sin kompetanse medverka til arbeidet i kommunane med vurdering av kvaliteten på opplæringa. Det er for 2002 utarbeidd tilstandsrapport for grunnopplæringa i det einskilde fylket. Desse har vore eit viktig grunnlag for den nasjonale tilstandsrapporten for 2002 som er utarbeidd av Læringssenteret. Den regionale statlege utdanningsadministrasjonen har òg viktige oppgåver i samband med avvikling av eksamen i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.
Den regionale statlege utdanningsadministrasjonen har òg ansvar for ei rekkje statlege tilskottsordningar.
Resultatmål for 2004
I samband med konkretisering av arbeidsoppgåvene i den statlege utdanningsadministrasjonen vil departementet komme tilbake med ein nærmare omtale av oppgåvene til den regionale statlege utdanningsadministrasjonen i ein tilleggsproposisjon til St.prp. nr. 1 (2003-2004), jf. kategoriinnleiinga.
Med utgangspunkt i Innst. S. nr. 260 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003) er det likevel gitt nokre overordna føringar for kva hovudoppgåver utdanningsadministrasjonen på regionalt nivå skal utføre. Ein vesentleg del av oppgaveportefølja skal vere tilsyn og tilsynsrelaterte saker, klagehansaming og kontroll med at lover blir handheva. Tilsynsverksemda må sjåast i nær samanheng med innføring og bruk av systemet for kvalitetsvurdering.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3202 postane 02 og 11, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Departementet tek sikte på å føre over løyvinga til den statlege regionale utdanningsadministrasjonen til kap. 1510 Fylkesmannsembeta i ein tilleggsproposisjon til St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Kap. 3203 Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 5 072 | 1 200 | 1 243 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 439 | 3 832 | 3 970 |
11 | Kursavgifter | 11 651 | 7 031 | 7 284 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 458 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 014 | ||
17 | Refusjon for lærlinger | 70 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 485 | ||
Sum kap. 3203 | 23 189 | 12 063 | 12 497 |
Post 02 gjeld salsinntekter o.a. ved statens utdanningskontor. Post 11 gjeld inntekter i samband med at utdanningskontora står som teknisk arrangør av kurs og konferansar.
Kap. 204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 5 651 | 5 600 | 5 661 |
Sum kap. 204 | 5 651 | 5 600 | 5 661 |
Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit rådgivande organ for departementet og skal arbeide for å styrkje engasjementet til foreldra i grunnskolen gjennom informasjon, skolering og rettleiing.
Noverande FUG vart oppnemnt i januar 2000, med sju medlemmer og to varamedlemmer. Funksjonstida til utvalet går ut 31. desember 2003. Nye medlemmer vil bli utnemnde for ein periode på inntil fire år.
Resultatrapport for 2002-03
Departementet gjennomførte ei evaluering av FUG i 2003. Rapporten syner at FUG gjer ein god jobb for å styrkje foreldresamarbeid i grunnskolen, men peiker også på ein del utfordringar som til dømes nominasjonsprosessen og FUG si rolle som rådgivar på individnivå og som operatøransvarleg for utviklingsprosjekt i skolen.
FUG rapporterer om stor aktivitet for å setje foreldremedverknad på dagsordenen. Etter FUG si vurdering er foreldreengasjementet aukande i norsk skole.
Mellom dei viktigaste tiltaka i skoleåret 2002-03 var informasjon til foreldra, mellom anna ved at FUG har delteke i ei rekkje arbeidsgrupper og referansegrupper og på kurs og foredragsverksemd på skolar og i kommunar og fylkeskommunar over heile landet.
Prosjektet «Hjem-skolesamarbeid» vart av-slutta i 2002. Prosjekta «Elektronisk ForeldreNETTverk» og «Minoritetsspråklege foreldre» har vorte førte vidare. Det er utvikla eit godt samarbeid mellom partane som har underteikna «Manifest mot mobbing», og mobbing var tema for «Grunnskolen si veke» i 2003. I prosjektet «Skolestart 2003» har det vorte utarbeidd og sendt ut materiell med sikte på å få til meir elev- og foreldremedverknad i skolen.
FUG har utvikla eit tett samarbeid med ulike samarbeidspartnarar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Resultatmål for 2004
FUG skal også i 2004 arbeide vidare etter dei retningslinjene som er trekt opp i St.meld. nr. 14 (1997-1998), jf. Innst. S. nr. 117 (1997-1998).
Hovudoppgåver vil vere å:
følgje opp det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering av norsk grunnopplæring med særleg vekt på foreldra si rolle
skolere «Foreldrenes arbeidsutval» (FAU) for å styrkje foreldrerolla i læringsarbeidet
føre vidare utviklinga av «Elektronisk foreldreNETTverk»
halde fram med det treårige prosjektet som søkjer å nytte den ressursen minoritetsspråklege foreldre representerer
Innanfor desse rammene og andre føringar frå departementet er det naturleg at utvalet foretar sine eigne prioriteringar.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3204 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 3204 Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
02 | Salsinntekter o.a. | 266 | 220 | 228 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 87 | ||
Sum kap. 3204 | 353 | 220 | 228 |
Inntektene på post 02 kjem frå sal av informasjons- og rettleiingsmateriell til foreldre, skolar o.a.
Kap. 206 Samisk utdanningsadministrasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Tilskott til Sametinget | 25 687 | 26 689 | 26 433 |
Sum kap. 206 | 25 687 | 26 689 | 26 433 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 01 er nedjustert med 1,156 mill. kroner som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift og med 61 000 kroner som følgje av avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet omfattar utgifter til:
drift av opplæringsavdelinga til Sametinget
produksjon og utvikling av læremiddel for samiske elevar, medrekna spesialpedagogiske læremiddel
råd og rettleiing til lærarar som gir opplæring til samiske elevar i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring
Sametinget har rådgivingsoppgåver overfor kommunar og fylkeskommunar. Opplæringsavdelinga til Sametinget tek del på møte som departementet har med den statlege utdanningsadministrasjonen. Sametinget er også sikra deltaking ved tilsynsbesøk i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet.
Resultatrapport for 2002
Sametinget har i 2002, dels i samarbeid med Læringssenteret og Statleg spesialpedagogisk støttesystem, m.a.:
utvikla samiske læremiddel, vidareutvikla Samisk læremiddelsentral og ajourført Samisk læremiddelkatalog
sluttført arbeidet med utvikling av idéhefte og kartleggingsprøve i lesedugleik for samiske elevar
sett i gang eller gitt støtte til fleire prosjekt, m.a. samisk begynnaropplæring, kvalitet i matematikkopplæringa, språkmotivering, kvalitetsutvikling i samisk vidaregåande opplæring, spesialpedagogisk kompetanseheving og utvikling av fjernundervisning
utarbeidd avgangsprøver i samisk som første- og andrespråk og B/C-språk, og i norsk for elevar med samisk som førstespråk
stimulert til utdanning i samisk språk og kultur, m.a. ved å gi stipend til elevar med samisk i fagkrinsen i vidaregåande skole og til studentar som tok vidareutdanning i spesialpedagogikk og læremiddelpedagogikk
Sametinget gav uttale til ny rammeplan for lærarutdanning og til Kvalitetsreforma av høgre utdanning. Etter oppdrag frå departementet utarbeidde Sametinget rammeplan i samisk og duodji for lærerutdanninga.
Resultatmål for 2004
Departementet legg vekt på god kommunikasjon med Sametinget i saker som gjeld opplæring generelt og opplæring i høve til det samiske folket spesielt. Departementet ber Sametinget i 2004 arbeide vidare med m.a. desse oppgåvene:
informasjon, kompetanseutvikling, rettleiing og utviklingstiltak om L97 Samisk
faglege råd og støtte til lærarar og utvikling, kvalitetssikring og produksjon av samiske læremiddel
vidareutvikle Samisk Læringsnett og medverke til å integrere utvikling av samiske elektroniske læremiddel i nasjonale prosjekt
avklare grunnleggjande prinsipp og retningslinjer for vidaregåande opplæring for samar, utarbeide gjennomgåande samisk opplæringsplan for vidaregåande opplæring og utvikle læreplanar for samiskrelaterte fag i vidaregåande opplæring
stimulere til vaksenopplæring for det samiske folket og samarbeide med kommunar og fylkeskommunar om informasjonsverksemd retta mot vaksne samar om deira rett til grunnskole og vidaregåande opplæring
stimulere til kompetanseheving som kan fremme samiske språk og kultur hos lærarar
stimulere til forskings- og utviklingsarbeid og til nordisk samarbeid i samiske opplæringsspørsmål
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under kapitlet blir ført vidare på same nivå som i 2003.
For løyvingar til andre samiske utdanningsformål, sjå omtale under kategoriane 07.20 og 07.40.
Programkategori 07.20 Grunnopplæringa
Grunnskolen blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane (dvs. rammetilskott og skatteinntekter), mens den vidaregåande opplæringa i hovudsak blir finansiert gjennom dei frie inntektene til fylkeskommunane. Dei midlane som blir løyvde over kategori 07.20, går til særskilde tiltak i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa og kjem i tillegg til overføringane gjennom inntektssystemet til kommunesektoren.
Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
0221 | Grunnskolen (jf. kap. 3221) | 1 892 476 | 1 573 154 | 1 243 735 | -20,9 |
0222 | Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222) | 46 069 | 43 381 | 49 273 | 13,6 |
0223 | Vidaregåande opplæring | 262 543 | 262 404 | 251 190 | -4,3 |
0224 | Fellestiltak i grunnopplæringa | 342 884 | 266 819 | 273 242 | 2,4 |
0226 | Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa | 395 238 | 381 818 | 430 934 | 12,9 |
0232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232) | 108 649 | 107 697 | 88 905 | -17,4 |
Sum kategori 07.20 | 3 047 859 | 2 635 273 | 2 337 279 | -11,3 |
Budsjettforslaget under kategori 07.20 utgjer om lag 2 337 mill. kroner. En reduksjon på 290,2 mill. kroner er knytt til tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3221 | Grunnskolen (jf. kap. 221) | 46 388 | 41 243 | 50 147 | 21,6 |
3222 | Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222) | 2 972 | 364 | 377 | 3,6 |
3232 | Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232) | 8 838 | 6 181 | 5 362 | -13,3 |
Sum kategori 07.20 | 58 198 | 47 788 | 55 886 | 16,9 |
Budsjettforslaget under kategori 07.20 utgjer om lag 56 mill. kroner. Det er om lag 8 mill. kroner meir enn saldert budsjett 2003.
Ressursar i grunnopplæringa
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
I skoleåret 2002-03 var det registrert 598 609 elevar i ordinære offentlege grunnskolar. Talet på elevar i grunnskolen har stige jamt i dei siste åra. Sidan 1998 har det blitt 7,0 pst. fleire elevar i grunnskolen. Veksten siste år var 1,7 pst.
Elevar, lærlingar, lærartimar og skolar. Kommunale og og fylkeskommunale skolar. 1999-2000 til 2002-03
Nivå | 1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 | 2002-03 |
---|---|---|---|---|
Grunnskole | ||||
Elevar | 570 695 | 580 208 | 588 521 | 598 609 |
Lærartimar per elev | 82,8 | 82,4 | 81,9 | 80,5 |
Skolar | 3 188 | 3 168 | 3 147 | 3 128 |
Vidaregåande opplæring | ||||
Elevar | 160 244 | 155 440 | 153 902 | 159 688 |
Skolar | 537 | 520 | 503 | 501 |
Lærlingar | 31 446 | 29 945 | 29 325 | 29 464 |
Kilde: Statistisk sentralbyrå
I tillegg til dette gjekk 11 488 elevar ved 106 ordinære frittståande grunnskolar og private grunnskolar skoleåret 2002-03. Dette er ein vekst på 6,6 pst. frå året før, og desse elevane utgjer no 1,9 pst. av alle elevane i grunnskolen i Noreg. Sjå kap. 240 post 70 for meir informasjon om dei frittståande skolane.
For første gong på fleire år stig talet på elevar i vidaregåande opplæring. Figuren nedanfor viser forventa utvikling i talet på barn og unge i alder for grunnopplæring frå 2002 til 2007.
Talet på elevar i grunnopplæringa vil stige i dei nærmaste fem åra. Den sterkaste veksten vil komme i vidaregåande opplæring, der talet på elevar vil stige med meir enn 17 pst. Dette stiller fylkeskommunane overfor store utfordringar.
OECD sin samanlikning av tilstanden i utdanningssystemet i medlemslanda (Education at a Glance, 2003) viser at Noreg er blant dei fem landa som brukar mest pengar per elev både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Berre Danmark, USA, Sveits og Austerrike brukar meir. Ser ein på vidaregåande opplæring aleine, ligg Noreg på tredjeplass.
Utgiftene til grunnopplæring utgjorde i Noreg i 2000 9,4 pst. av dei samla offentlege utgiftene. Gjennomsnittet i OECD var 8,9 pst. Av dei europeiske landa brukar berre Sveits og Island ein større del av dei offentlige utgiftene på grunnopplæringa. Når det gjeld offentlege utgifter til grunnopplæring i høve til BNP, ligg Noreg, med 3,6 pst., så vidt over gjennomsnittet i OECD på 3,3 pst.
Det gjennomsnittlege talet på elevar per lærarårsverk i OECD-landa på barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring var i 2001 17, 14,5 og 13,8. For Noreg er tala høvesvis 11,6, 9,3 og 9,2. Av OECD-landa er det berre Danmark, Italia, Luxemburg og Ungarn som har færre elevar per lærar enn Noreg i barneskolen. I vidaregåande opplæring er det berre Portugal som har færre elevar per lærar enn Noreg.
Ressursbruken i grunnskolen er prega av stor stabilitet i perioden 1997-2002. Ressursutviklinga i perioden tyder på at grunnskolen er prioritert i dei fleste kommunane, og at sektoren har vore relativt skjerma for innsparingar. Det er likevel observert ein viss nedgang i lærarressursane i dei seinaste åra. Denne utviklinga vil bli følgd nøye.
Situasjonen i vidaregåande opplæring gir inntrykk av at ressursbruken har vore relativt stabil, og at tilbodet til elevane er tilfredsstillande. For ein omtale av situasjonen for vaksne særskilt sjå kategori 07.50. Frå 2001 til 2002 gjekk dei gjennomsnittlege utgiftane per elev noko ned i vidaregåande opplæring.
Generelt må kommuneøkonomien i dei siste åra kunne seiast å ha vore stram. Utviklinga i ressursbruken i grunnskolen og vidaregåande opplæring må vurderast i lys av dette.
Desse vurderingane er underbygde i St.meld. nr. 33 (2002-2003) Om ressurssituasjonen i grunnopplæringen m.m.
Evalueringa av Reform 97
Evalueringa av Reform 97 blei sett i verk etter oppdrag frå departementet til Noregs forskningsråd i 1998 og er avslutta i 2003. Evalueringa vil utgjere ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for den planlagde stortingsmeldinga om grunnopplæringa våren 2004.
Oppdraget med å evaluere Reform 97 var todelt. Den eine delen gjaldt å finne ut i kva grad skolen gir likeverdig utdanning av høg kvalitet for alle, slik dette blei uttrykt i St.prp. nr. 1 (1997-98). Den andre delen gjaldt å svare på spørsmål om endring og utvikling i grunnskolen med bakgrunn i tiltaka som vart sette i verk i samband med Reform 97. Programstyret for evalueringa har samanfatta dei mest sentrale resultata frå evalueringa, og peikar samstundes på viktige utfordringar for grunnskolen.
Grunnskolen får god omtale både av elevar, foreldre og lærarar, som jamt over sluttar opp om viktige prinsipp som inkludering, tilpassa opplæring og ein elevaktiv skole. Særleg får aspekta trivsel, sosialt miljø og relasjonen mellom lærar og elev høg vurdering. Resultata frå dei 26 prosjekta i evalueringa tyder likevel på at det er variasjonar, både i forventningar til skolen, i oppleving av skolen og i resultata ein når i skolen.
Framfor alt viser evalueringa at grunnskolen ikkje gir likeverdig opplæring til alle elevar uavhengig av kjønn, foreldreøkonomi, bustad, evner, føresetnader og kulturell og språkleg bakgrunn, slik målet for skolen er. Fleire grupper elevar går i ein skole som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til deira utgangspunkt og bakgrunn. Tilpassa opplæring er ikkje gjennomført i den grad den skulle vere det. Evalueringa dokumenterer også store skilnader mellom skolar når det gjeld miljø, estetiske kvalitetar, organisering av skoledagen, elevaktivitet, bruk av nærmiljøet og bruk av arbeidsmåtar. L97 fører vidare målet frå tidlegare planar om å bruke mindre formidlingspedagogikk og meir aktivitetspedagogikk i opplæringa. Lærarane støttar dette. Systematikken i læringsarbeidet er likevel mangelfull mange stader.
Kompetansen til lærarane kan forklare noko av den store variasjonen som er registrert. Kompetansen i bruk av ulike arbeidsmåtar ser ikkje ut til å vere god nok. Lærarane meiner også at ambisjonsnivået i læreplanverket er for høgt. Mange ønskjer ein læreplan med eit relativt detaljert innhald, men det er likevel noko usemje om detaljeringsnivået.
Det vart satsa svært mykje på å gi ut nye læreverk i samband med Reform 97. Svært få av desse har eit innhald som er oppfatta som ei hjelp i å skape dei pedagogiske endringane som reforma føresette. Dei fleste skolane har valt å halde på tradisjonen med lærebøker i faga. Ei følgje av dette er at mange skolar har ein utilfredsstillande situasjon når det gjeld tilgang på andre læremiddel enn lærebøkene til felt som tema- og prosjektarbeid og lokalt lærestoff.
Kommunane som eigarar av skolen har i varierande grad engasjert seg i skolen. Det eksisterer eit nokså stort handlingsrom for kommunane når det gjeld å påverke korleis skolane skal arbeide og fungere, men det blir nytta i ulik grad.
Det kan vere for tidleg å slå fast om Reform 97 har ført til endringar. Forskarane meiner at det dei ser, er resultat av utvikling over lengre tid, og at kontinuitet og langtidsperspektiv i utdanningspolitikken er noko av det som forklarer resultata. Dei skolane som har komme lengst i gjennomføringa av Reform 97, synest å ha vore engasjerte i nokså omfattande og langsiktig utviklingsarbeid, der heile skolen har vore involvert. Der er både reforma og læreplanen gjorde til eit formelt og reelt institusjonelt ansvar, og ikkje til ei privat sak for den einskilde lærar eller grupper av lærarar. Foreldregruppa har mange stader ikkje vore trekt særleg systematisk inn, korkje når det gjeld kvalitetssikring generelt eller for å førebu reforma.
Læringsutbytte
Den internasjonale, samanliknande studien fra 2001, PIRLS (The Progress in International Reading Literacy Study), viser at lesedugleiken til norske 4.-klassingar ligg langt under det vi finn i dei landa vi helst samanliknar oss med. Noreg rangerer som nummer 24 av totalt 35 land, mens Sverige oppnådde høgast skåre. PIRLS-undersøkinga tyder på at opplæringa ikkje er systematisk nok, og at lærerkompetansen i leseopplæringa ikkje er god nok. Ifølgje forskarane bak undersøkinga er opplæringa i Noreg i påfallande liten grad retta mot å lære elevane gode lesestrategiar.
Resultata frå nasjonale kartleggingsprøvar i lesedugleik, utarbeidde av Senter for leseforsking, tyder på at lesedugleiken på barnetrinnet er svekka frå målingane starta i 1994 og fram til 2001. Resultata frå 2002 kan likevel tyde på at den negative trenden er i ferd med å snu. Forskarane bak undersøkinga hevdar at den merksemda som har vore retta mot lesedugleiken til elevane i småskolen i dei siste åra, kan ha hatt ein gunstig verknad.
PISA-undersøkinga fra 2000 (Programme for International Student Assessment) stadfester at det er ein klar samanheng mellom elevane sin sosioøkonomiske bakgrunn og det læringsutbytte dei har. Den norske skolen har ikkje greidd å jamne ut skilnader mellom elevane i høve til deira sosiale bakgrunn.
Det er ein internasjonal tendens at jentene gjer det stadig betre samanlikna med gutane. I Noreg hører 23 pst. av gutane til dei to svakast presterande kategoriane i PISA si leseundersøking, mot berre 10 pst. av jentene. I PIRLS-undersøkinga er det 1,5 gonger så mange gutar i forhold til jenter i gruppa av elevar som har problem med lesing. Dei norske kartleggingsprøvane finn òg store skilnader i høve til kjønn i oppøvde leseevner. Også innanfor realfaga viser det seg at gutar ikkje lenger har det forspranget dei hadde tidlegare. Data frå «Elevinspektørane», ei nettbasert spørreundersøking der elevar kan gi si vurdering av skolen, syner at jenter er meir skolemotiverte enn gutar.
Elevar frå språklege minoritetar skårar både internasjonalt og i Noreg gjennomsnittleg dårlegare enn elevar med majoritetsbakgrunn. I PISA-undersøkinga ligg gjennomsnittet for gruppa norske elevar frå språklege minoritetar omtrent på gjennomsnittet for tilsvarande grupper i OECD-land, medan dei i PIRLS-undersøkinga ligg langt under. Eit forskingsprosjekt som inngår i evalueringa av Reform 97, dokumenterer korleis elevar med svake kunnskapar i norsk oppnår langt dårlegare resultat enn andre skolebarn fordi dei til dels fell heilt utanfor undervisninga i klasseromma. Prosjektet dokumenterer eit misforhold mellom dei kunnskapane elevane faktisk har i norsk, og dei norskkunnskapane opplæringa, slik ho blir gjennomført i klasseromma, krev. Situasjonen for elevar frå språklege minoritetar er ikkje berre eit språk- og opplæringsproblem, men også eit sosialklasseproblem. Karakterstatistikken for grunnskoleelevane frå 2002 viser at elevar frå språklege minoritetar berre har marginalt lågare karaktersnitt enn norskspråklege elevar når ein tek omsyn til foreldra sitt utdanningsnivå.
Noreg har komme svært langt i høve til å gi alle rett til eit likeverdig opplæringstilbod. Likevel er ikkje målet nådd for alle grupper. Dette er utgangspunktet for Noreg si nasjonale oppfølging av det globale initiativet Utdanning for alle (Education for All), uttrykt i Dakar-erklæringa av 2000.
Ei undersøking av undervisning om menneskerettar i om lag 300 norske skolar, syner at skolar og lærarar ser opplæring i menneskerettar som eit viktig tema, som til dømes bør integrerast i KRL- og samfunnsfaget. Men lærarane treng meir kompetanse og undervisningsmateriell. Undersøkinga skal vere utgangspunkt for vidare oppfølging og styrkingstiltak.
Samanlikna med andre OECD-land har Noreg ei relativt høg deltaking i vidaregåande opplæring. Yrkesfag utgjer ein stor del av vidaregåande opplæring i dei fleste europeiske land, slik er det òg i Noreg. I dei fleste land vel gutar oftare yrkesfag enn jenter. Noreg blir likevel framheva som eit av landa med størst kjønnsskilnader mellom studieretningane. Skoleåret 2002-03 var gutar og jenter si søking til vidaregåande opplæring framleis svært tradisjonell.
Delen av søkjarane med rett til vidaregåande opplæring som får innfridd sitt første ønske om studieretning ved første inntak, gjekk ned frå 2002 til 2003. I 2003 kom 73 pst. av søkjarane inn på sitt førsteval på grunnkurs ved første inntak. På yrkesfag var delen berre 67 pst. På VK I og VK II kom i gjennomsnitt 81 pst. av søkjarane inn på førstevalet ved første inntak, men på yrkesfag var delen høvesvis 73 og 62 pst. Delen søkjarar som kjem inn på førstevalet, blir noko betre ei tid etter første inntak, men hovudsakleg for grunnkurs. Det er svært store variasjonar mellom fylka når det gjeld tilpassinga av tilbodet til søkjarane sine ønske.
Fleire elevar vel om att, og færre følgjer normal progresjon. Berre 65 pst. av elevar og lærlingar som starta i vidaregåande opplæring i 1996, hadde oppnådd full yrkes- eller studiekompetanse etter fem år i vidaregåande opplæring. Om lag 57 pst. av elevane fullførte vidaregåande opplæring på normert tid. Det er store variasjonar mellom fag. Delen som brukar lengre tid enn normert, er særleg høg på yrkesfaglege studieretningar. Det kan ha samanheng med den relativt låge andelen elevar som får førstevalet sitt oppfylt. Det er store variasjonar i fullføring i høve til foreldra si utdanning. Det er meir sannsynleg at elevar og lærlingar med høgt utdanna foreldre fullfører vidaregåande opplæring på normert tid. Det er òg store skilnader mellom fylkeskommunane når det gjeld delen som fullfører på normert tid, og det viser seg at effekten av foreldra si utdanning er ulik i dei ulike fylkeskommunane.
Prosenten elevar som fullførte og bestod vidaregåande opplæring på normert tid, etter foreldra sitt utdanningsnivå og fylke. Data frå kullet som gjekk ut av grunnskolen våren 1996, og som starta i vidaregåande opplæring same haust.
Foreldra si høgaste utdanning | ||||
---|---|---|---|---|
I alt | Grunnskoleutdanning | Vidaregåande utdanning | Høgre utdanning | |
Landsgjennomsnitt | 56,7 | 33,4 | 51,2 | 68,0 |
Østfold | 57,9 | 31,0 | 53,2 | 70,4 |
Akershus | 56,3 | 31,5 | 49,5 | 65,5 |
Oslo | 59,2 | 30,7 | 52,2 | 70,7 |
Hedmark | 58,2 | 40,0 | 53,6 | 69,7 |
Oppland | 57,3 | 37,1 | 52,7 | 68,8 |
Buskerud | 62,8 | 35,7 | 57,2 | 75,7 |
Vestfold | 53,0 | 30,3 | 47,6 | 64,0 |
Telemark | 54,3 | 25,2 | 47,8 | 69,8 |
Aust-Agder | 58,8 | 27,0 | 51,5 | 72,2 |
Vest-Agder | 68,2 | 46,8 | 62,2 | 79,0 |
Rogaland | 52,3 | 26,9 | 49,2 | 61,6 |
Hordaland | 56,5 | 34,4 | 50,4 | 67,3 |
Sogn og Fjordane | 61,2 | 50,0 | 55,3 | 73,1 |
Møre og Romsdal | 55,4 | 39,0 | 50,4 | 66,5 |
Sør-Trøndelag | 59,9 | 38,5 | 54,6 | 69,3 |
Nord-Trøndelag | 59,9 | 35,2 | 52,9 | 73,8 |
Nordland | 50,6 | 32,2 | 45,8 | 62,9 |
Troms | 53,5 | 40,2 | 48,4 | 64,4 |
Finnmark | 38,5 | 21,4 | 35,7 | 46,7 |
Dei store skilnadene mellom fylkeskommunane tyder at det finst eit klart potensial for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Dette gjeld særleg på yrkesfaglege studieretningar. For å få betre kjennskap til det faglege nivået i vidaregåande opplæring vil det, som ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, bli innført nasjonale prøvar på grunnkurs.
Læringsmiljø
Evalueringa av Reform 97 viser ein gjennomgåande høg trivsel i norske grunnskolar. Dette samsvarar med funn frå den nettbaserte undersøkinga Elevinspektørane. Det er likevel mykje bråk og uro. Ei undersøking frå NOVA viser at heile 55 pst. av elevane i ungdomsskolen synest det er for mykje bråk og uro i timane. PISA-undersøkinga viser det same. Læringsmiljøet i norske skolar, i form av uro i klassen og lite motiverte og udisiplinerte elevar, er blant dei dårlegaste i OECD. Tal frå Olweus-programmet viser at 13 pst. av elevane i grunnskolen, rundt 75 000 barn, opplever at dei er utsette for mobbing. Det er dobbelt så mange elevar i barneskolen som på ungdomsskolen som blir mobba. Evalueringa av Reform 97 viser at det er liten skilnad på kor mange gutar og jenter som blir mobba, medan det er langt fleire gutar enn jenter som oppgir at dei jamleg mobbar andre. Ei undersøking frå NOVA viser at fleire av elevane frå språklege minoritetar oftare gruer seg til å gå på skolen, noe som dels skyldest at dei er meir utsette for mobbing enn andre.
Elevmedverknad
Elevmedverknad er avgjerande for elevane sin motivasjon for å lære, og dermed for heile læringsmiljøet. Medverknad og medbestemming inneber at eleven skal ta del i og vere aktiv i planlegging, gjennomføring og vurdering av si eiga læring. I pedagogiske situasjonar der elevane ikkje blir verdsette og får ta aktivt del i opplæringa, ser det ut til at omfanget av åtferdsproblematikk aukar.
Resultata frå Elevinspektørane for skoleåret 2002-03 viser at 67 pst. av elevane synest det er viktig å få moglegheit til å påverke korleis arbeidet med faga blir lagt opp på skolen. Det er færre elevar som opplever at dei har medverknad skoleåret 2002-03 enn året før. Interessa for medverknad ser òg ut til å ha minka. Den opplevde medverknaden i vidaregåande opplæring er vesentleg høgare innanfor yrkesfaglege enn innanfor allmennfaglege studieretningar.
Samarbeid mellom skole og heim
Den siste tilgjengelege undersøkinga om offentlege tenester som Norsk Gallup gjennomførte våren 2003, viser at 82 pst. av foreldra med barn i barneskolen er nøgde med skolen. I ungdomsskolen er den tilsvarande delen 76 pst., mens han er 82 pst. i vidaregåande opplæring. Foreldra er mest tilfredse med barna sin trivsel og med lærarane sin innsats, medan dei er minst fornøgde med ulike fysiske forhold ved skolen. Dette gjeld både barne- og ungdomsskolen.
20 pst. av foreldra er ikkje nøgde med skole-heim-samarbeidet. Evalueringa av Reform 97 peikar på at det er stor variasjon i kor vellykka samarbeidet er, og at det gjerne er foreldre til elevar med faglege og sosiale problem som opplever at samarbeidet med skolen ikkje fungerer. Det blir i evalueringa av Reform 97 hevda at måla for samarbeidet mellom heim og skole ikkje er særleg tydelege og spesifikke. Det er òg relativt stor avstand mellom ideal og realitetar i samarbeidet mellom heim og skole. Skolen legg stor vekt på å informere foreldra, men drøftingar og reell medverking frå foreldra si side finn i langt mindre grad stad. Evalueringa viser at om lag halvparten av foreldra er usikre på kva forventningar skolen har til dei.
Skoleleiarar og lærarar
Talet på lærarar utan godkjend utdanning gjekk ned frå 2002 til 2003 i heile landet og er nå nede i 4,1 pst. Nord-Noreg følgjer same utviklinga som resten av landet. Finnmark er likevel fylket der flest lærarar ikkje har godkjend utdanning (7,8 pst.).
Behovet for lærarar i tida framover
Det er for tida fleire lærarar enn det som trengst for å dekkje etterspurnaden. Statistisk sentralbyrå forklarer denne utviklinga med tre hendingar som har vore relativt samanfallande i tid. Leseplikta til lærarane har auka, samstundes som dei har hatt særs gode lønnsoppgjer, og det har vore ei relativ innstramming i kommuneøkonomien samanlikna med nasjonaløkonomien. Nye utrekningar frå Statistisk sentralbyrå tyder på at det kjem til å være eit lite, men relativt stabilt overskot av allmennlærarar i åra som kjem. Utrekningane syner vidare at dagens underskot av faglærarar vil vekse. Det er lagd til grunn at talet på elevar per lærar er om lag uendra og at det ikkje blir gjennomførd reformar som endrar behovet for lærarar. Det er også rekna med at inntak av studentar og gjennomføringsgrad er konstant som i dag.
Talet på elevar i vidaregåande opplæring vil stige i dei neste ti åra. Samstundes veit vi at lærarane i vidaregåande opplæring har relativt høg gjennomsnittsalder, og mange vil forlate yrket i dei nærmaste åra. Det vil bli eit sterkt aukande behov for lærarar til vidaregåande opplæring fram mot år 2015.
Med den kapasiteten ein i dag har i praktisk pedagogisk utdanning, vil ein knapt kunne dekkje behovet framover, sjølv om flesteparten av kandidatane skulle ønskje å jobbe i vidaregåande opplæring. Erfaringsmessig går færre enn halvparten av kandidatane inn i vidaregående opplæring. Dersom ikkje fleire av dei utdanna faglærarane går inn i skolen, vil kapasiteten ein har i dag kunne vere for liten til å få dekt lærarbehovet.
Kompetanse
Av alle ressursfaktorar i skolen er læraren den faktoren som mest påverkar elevprestasjonane. Oppsummert synest forskinga og annan dokumentasjon å peike i retning av at ein god lærar er ein god leiar som både er fagleg kompetent, har ein bevisst strukturert plan for opplæringa, er oppteken av læringsutbyttet til elevane og har store forventningar til den enkelte. Ein god lærar viser og varme og omsorg for elevane.
Ein studie som inngår i evalueringa av Reform 97, peikar på at kompetanseutvikling er den viktigaste føresetnaden for å nå målet om tilpassa opplæring for elevane. Studien peikar også på at etterutdanning i fag har vore mest effektiv der ho er kombinert med skolebasert reformarbeid.
Satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskolen i perioden 2000-03 blir evaluert av SINTEF og Danmarks Pædagogiske universitet. Evalueringa blir avslutta i 2004. Ein undervegsrapport viser at den statlege satsinga er godt motteken i kommunane, særleg i kommunar og ved skolar som allereie hadde ei aktiv haldning til utvikling i skolen.
Undervegsrapporten viser at to tredelar av lærarane i ungdomsskolen vurderer at dei har høg kompetanse i dei faga dei underviser i. Berre litt over halvparten av lærarane i barneskolen meiner at dei har høgt kompetansenivå i faga dei underviser i. Når det gjeld kompetansen til å gjennomføre tilpassa opplæring, er tilhøvet motsett; 47 pst. av lærarane i barneskolen meiner at deira kompetanse i dette er høg, mot berre 30 pst. av lærarane i ungdomsskolen. Rektorane ved skolane deler lærarane sitt syn.
Tilsette og leiarar ved barneskolane uttrykkjer større behov for fagleg oppdatering i norsk, engelsk og matematikk enn ved ungdomsskolane, og auka satsing på desse faga har komme barneskolane til gode. Ungdomsskolane har større behov for utvikling av kompetanse i å gjennomføre opplæringa på nye måtar. Det viser seg òg at lærarane er svært positive til utviklingstiltak som medverkar til erfaringsutveksling mellom kollegaer ved ulike skolar og internt på den einskilde skolen.
I vidaregående opplæring har det vorte gjennomført eit nasjonalt prosjekt, kalla «Differensiering og tilrettelegging 2000-2003», der alle skolar har teke del i eitt eller fleire delprosjekt. Prosjektet har primært sikta mot å auke lærarane sin kompetanse i tilpassa opplæring, gjennom variert bruk av arbeidsmåtar og fleksibel organisering. Ei evaluering av prosjektet ligg føre hausten 2003.
På initiativ frå departementet er det utvikla kurstilbod retta mot lærarar med liten eller ingen kompetanse i pedagogisk bruk av IKT i opplæringa, som frå hausten 2002 er gitt ved 19 høgskolar og universitet. Om lag 18 000 lærarar har gjennomført eller er i ferd med å gjennomføre slik kompetanseutvikling. Om lag 800 lærarar deltok på fleksible og praksis- og IKT-baserte etter- og vidareutdanningstilbod i norsk, matematikk og engelsk studieåret 2002-03. Det har også vore stor interesse blant lærarane for å få stipend for å ta vidareutdanning med inntil 60 studiepoeng i norsk med vekt på lesing og skriving, matematikk og samisk frå hausten 2003. Læringssenteret har innvilga 1 001 søknader, og dei fleste gjeld vidareutdanning i matematikk.
Både nasjonal og internasjonal forsking syner at det er viktig for elevane si utvikling og læring i skolen at skoleeigar og skoleleiar støtter opp om lærings- og undervisningsprosessane. Aktive skoleeigarar gir meir utviklingsorienterte skolar. Etterutdanning, særleg innanfor pedagogisk leiing, synest likevel å vere lite vanleg. Berre om lag tre av ti kommunar gir sine skoleleiarar systematisk rettleiing som ein del av skoleleiarutviklinga.
Nedanfor blir hovudutfordringane framover omtalt, og dei overordna strategiane for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa blir skissert. Dei ulike tiltaka blir nærmare omtalt i kap. 226.
Mål: Utvikle eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering som grunnlag for kvalitetsutvikling
Noreg er eit av dei få landa i Vest-Europa som ikkje har eit nasjonalt system for å vurdere kvalitet i opplæringa. I handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2002-2003) slutta Stortinget seg til forslaget om å etablere eit slikt nasjonalt system for kvalitetsvurdering.
Målet for det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er å medverke til kvalitetsutvikling gjennom å leggje til rette for informerte avgjerder på alle nivå i opplæringssystemet. Eit nasjonalt kvalitetsvurderingssystem skal måle om eller i kva grad dei nasjonale måla er nådde. Saman med annan kunnskap vil dette gi viktig informasjon som grunnlag for det utviklingsarbeidet som skjer på skolen og på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. Målingar og vurderingar er viktige for å oppdage kvalitetsproblem, men det er ikkje alltid tilstrekkeleg for å stimulere til utvikling. Det vil derfor bli etablert eit statleg apparat som sikrar at den einskilde skoleeigar har tilgang på fagleg støtte i arbeidet med å betre kvaliteten i opplæringa.
I handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2003-2003) slutta Stortinget seg til at det skal utviklast nasjonale prøvar for å kartleggje elevane sin grunnleggjande kompetanse i basisfag. I første omgang blir det utvikla nasjonale prøvar i lesing, skriving, engelsk og matematikk på fire trinn i løpet av grunnopplæringa. Formålet med dei nasjonale prøvene er å gi informasjon til elev, lærar og skoleleiar, slik at det pedagogiske arbeidet blir meir systematisk og målretta. Dei første prøvane skal etter planen kunne takast i bruk våren 2004.
Stortinget har også slutta seg til oppretting av ein nettstad med informasjon om kvaliteten i opplæringa, jf. kap. 226. Nettstaden får namnet «Skoleporten.no». Denne nettstaden vil medverke til å synleggjere læringsresultat, læringsmiljø og læringsressursar ved den einskilde skole, kommune, fylkeskommune og på nasjonalt nivå. Det blir lagt stor vekt på at nettstaden skal innehalde eit variert utval av indikatorar. Indikatorane om arbeidsmiljøet til elevane vil setje fokus på psykososialt og fysisk arbeidsmiljø. Det blir også utvikla indikatorar for arbeidsmiljøet til lærlingar. Departementet tek sikte på at nettstaden gradvis kan takast i bruk frå våren 2004.
Noreg vil halde fram med å delta i internasjonale undersøkingar om læringsutbytte. I 2004 kjem resultata av deltakinga i PISA 2003. I PISA 2006 skal naturfag vere hovudemnet. I tillegg vil Noreg delta i PIRLS 2006, som undersøkjer lesedugleik blant fjerdeklassingar.
Noreg vil ta del i den internasjonale undersøkinga TIMSS 2003 (Trends in Mathematics and Science). Undersøkinga rettar seg mot elevar på 4. og 8. klassetrinn og vil gi eit bilete av kunnskapar i matematikk og naturfag, både faktakunnskapar og evne til resonnement, evne til praktisk problemløysing og haldningar til faga. Undersøkinga vil òg gi eit bilete av fagleg og metodisk vektlegging i undervisninga og av kva som er kjenneteikn for elevar og klassar med høgt prestasjonsnivå. Deltaking i TIMSS 2003 vil utfylle informasjonen frå PISA. Dei internasjonale resultata blir lagde fram i 2004.
Noreg vil ta del i eit europeisk samarbeid om evalueringsindikatorar knytte til god praksis i opplæring i framandspråk og praksis og prosessar i utviklinga av ein pedagogisk og skolepolitisk plattform og profil i skolen. Samarbeidet skjer i regi av EU-nettverket European Network of policy makers for the evaluation of education systems (Det europeiske evalueringsnettverket). Erfaringar og resultat frå dette samarbeidet blir sette i samanheng med resultata frå ulike store nasjonale og internasjonale prosjekt som differensieringsprosjektet i vidaregåande opplæring, evaluering av satsing på Kvalitetsutvikling i grunnskolen 2000-2003, evalueringa av Reform 97 og den europeiske kartlegginga av engelskdugleik på 10. klassetrinn. Noreg tek del i den sist nemnde undersøkinga saman med sju andre europeiske land i Det europeiske evalueringsnettverket.
Mål: Betre læringsutbytte og faglege prestasjonar i grunnopplæringa
Hovudutfordringa i grunnopplæringa er å kvalifisere elevane for vidare utdanning, yrkes-, familie- og samfunnsliv og å motivere for læring gjennom heile livet. Det stiller i første rekkje krav til opplæring som er betre tilpassa den enkelte eleven og lærlingen sine føresetnader og behov. Samtidig må opplæringa legge vinn på å utvikle elevane sin grunnleggjande kompetanse i lesing, skriving, matematikk og engelsk. Opplæringa må også fremme elevane sitt ønske om vidare læring og utvikling, og vere slik at ho motverkar omval og fråfall i vidaregåande opplæring.
Eit utval oppnemnt av Regjeringa, det såkalla Kvalitetsutvalet, la fram innstillinga si våren 2003. Utvalet foreslår i innstillinga å styrkje den tilpassa opplæringa for å kunne redusere behovet for spesialundervisning. Strategiar for å styrkje den tilpassa opplæringa blir drøfta i samband med oppfølging av denne innstillinga.
I april 2003 vart tiltaksplanen «Gi rom for lesing - en strategi for stimulering av leselyst og leseferdigheter» lagt fram. Tiltaksplanen inneheld 35 ulike tiltak og omfattar perioden 2003-07. Målet er at barn, unge og vaksne skal bli motiverte til å betre lesedugleiken sin. Det er også eit mål å auke medvitet om lesing som grunnlag for anna læring, kulturell kompetanse, livskvalitet, deltaking i arbeidslivet og eit demokratisk samfunn. Kvalitetssikring og formidling av litteratur går inn i tiltaka. Det vil bli etablert eit nasjonalt senter for leseopplæring ved Senter for leseforsking i Stavanger.
Den femårige strategien «Realfag naturligvis» er lagd fram og vil bli følgt opp. Målet er å heve kvaliteten på realfagsutdanninga i alle ledd, både i grunnopplæring, høgre utdanning og forsking. Lærarane sin kompetanse er svært sentral for styrking av realfag i grunnopplæringa, og det vil bli stimulert til etter- og vidareutdanning i realfag.
Hausten 2003 lanserer Regjeringa tiltaksplanen «Likeverdig utdanning for alle! Strategi for bedre læring og større deltakelse av språklige minoriteter i skole og utdanning 2003-2008». Strategiplanen omfattar ei rekkje tiltak som skal medverke til å betre innsatsen overfor språklege minoritetar frå barnehage til høgskole og universitet. Departementet vil mellom anna opprette eit nasjonalt kompetansesenter for ein fleirkulturell skole og utdanning ved Høgskolen i Oslo. Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen (SEFS) og andre funksjonar høgskolen har i høve til språklege minoritetar, vil bli lagde til det nye senteret. For å få fleir minoritetsspråklege lærarar med allmennlærar- og faglærarkompetanse inn i skolen vil departementet innføre ei stipendordning for minoritetsspråklege lærarar som arbeider i skolen utan formell kompetanse, jf. også kap. 226.
Regjeringa vil styrkje kunnskap og undervisning om menneskerettar i norsk grunnopplæring gjennom oppfølgingstiltak knytte til St.meld. nr. 21 (1999-2000) Handlingsplan for menneskerettigheter.
Den store elevveksten i vidaregåande opplæring i åra som kjem, kan gjere forskjellane i gjennomføringsgrad enda større enn dei er no. Behovet for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring blir drøfta i innstillinga frå Kvalitetsutvalet, også sett i lys av den store elevveksten. Utvalet foreslår å endre strukturen i vidaregåande opplæring og utvikle rådgivingstenesta. Dette blir nærmare drøfta i den planlagde stortingsmeldinga for oppfølging av innstillinga frå Kvalitetsutvalet. St.meld. nr. 6 (2002-2003) Tiltaksplan mot fattigdom legg opp til auka innsats for å hindre at ungdom fell ut av vidaregåande opplæring, og departementet held fram med arbeidet med å vidareutvikle Oppfølgingstenesta.
Internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa er viktig for å sikre kvalitetsutvikling og utveksling. Noreg vil derfor framleis være ein aktiv deltakar i internasjonalt samarbeid om kvalitetsutvikling og erfaringsutveksling som finn stad i OECD, EU, UNESCO, Europarådet og Nordisk Ministerråd.
Det er eit mål at norsk grunnopplæring skal fremme internasjonal forståing og medansvar. Det er dermed viktig å gi skolar, lærarar og elevar høve og verktøy til samarbeid med skolar i andre land og kulturar. Erfaringar syner at slikt samarbeid ikkje berre betrar den forståinga elevane har av globale samanhengar og kulturmangfald, men òg stimulerer språklæring, generell dugleik i prosjektarbeid og nye pedagogiske arbeidsmåtar.
For å auke mobiliteten av elevar og lærlingar internt i Norden, blir det 1. januar 2004, i regi av Nordisk Ministerråd, etablert eit samla mobilitetsprogram for grunnopplæringa i Norden, kalla Nordplus-Jr. Det vil også bli undersøkt korleis ein betre kan sikre gjensidig godkjenning av yrkesopplæring og yrkeskvalifikasjonar mellom dei nordiske landa.
Norsk deltaking i program for europeiske skolesamarbeid blir ført vidare i tråd med tilrådinga frå midtvegsevalueringa frå 2003 om sterkare integrering av internasjonalt samarbeid i den nasjonale utdanningspolitikken. Oppfølginga vil mellom anna bli sett i samanhang med tiltak i Regjeringa si europapolitiske plattform.
Den vidare satsinga på IKT i utdanninga vil skje innanfor «Programmet for digital kompetanse 2004-2008». Programmet markerer ei vidare prioritert satsing på IKT i utdanninga på alle nivå i utdanningssektoren. Visjonen er eit innovativt utdanningssystem som set digital kompetanse på dagsorden. Alle lærande må kunne nytte IKT sikkert, fortruleg og kreativt for å utvikle den kompetansen dei treng for å vere fullverdige deltakarar i informasjonssamfunnet. IKT blir finansiert over fleire budsjettkapittel og programområde over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett, og blir gitt nærmare omtale i kap. 248 og 281.
Mål: Skape ein skolekvardag med eit positivt læringsmiljø og verdimedvit
Ei svært sentral utfordring i heile grunnopplæringa er å skape ein skolekvardag der elevane kan trivast, kjenner seg tekne vare på og ønskjer å lære, og utforme gode rammer kring arbeidet. Eit viktig element i dette er samarbeid med og reell medverknad frå elevar, føresette, nærmiljø og næringsliv.
Systema for vurdering av kvalitet er viktige også for å synleggjere positive og negative sider ved læringsmiljøet, slik at skolar kan setje i verk nødvendige tiltak. Departementet vil føre vidare arbeidet med Elevinspektørane og Lærlinginspektørane. Bruken av desse vil medverke til verdifull informasjon om tilhøva slik barn og unge opplever dei, og slik stimulere til betre elevmedverknad.
Endringa i opplæringslova, kapittel 9a om skolemiljø, vart sett i kraft 1. april 2003. Det nye i lova er at elevane og foreldra får større grad av medverknad, og at skolen får klarare plikter, særleg når det gjeld det psykososiale miljøet. Arbeidet med oppfølging av manifest mot mobbing blir ført vidare i samarbeid mellom manifestpartane. Læringssenteret skal setje i verk ei evaluering av den samla innsatsen mot mobbing i manifestperioden, og det er eit mål at alle skolar skal få høve til å ta i bruk gode program mot mobbing.
Prosjektet «Verdiar i skolekvardagen» held fram. For at effekten av arbeidet med verdiar skal bli varig ved den einskilde skolen, blir det lagt vekt på at arbeidet på dette området må gå inn i det langsiktige verdi- og haldningsskapande arbeidet. Elevane må bli involverte på ein aktiv måte, og skolane må samarbeide med foreldre, nærmiljø og andre ressursmiljø. Fylkesmennene har utarbeidd planar for arbeidet med verdiar i skolen. Desse planane blir følgde opp og førte vidare. I dei fleste fylka viser skolane stor interesse for arbeidet. Det er sett i gang prosjekt ved mange skolar, og det blir utvikla modellar for spreiing av erfaringar, mellom anna gjennom partnarskolar. Erfaringar frå pilotprosjekt blir formidla til alle fylke og er eit viktig bidrag til inspirasjon og motivasjon. Ei rekkje samlingar og konferansar blir gjennomførte. Noreg vil ta initiativ til å utvikle vidare det nordiske samarbeidet omkring arbeidet med verdiar.
For å medverke til ein konstruktiv verdidebatt i skolen vil det bli utarbeidd to rettleiingshefter: eitt for lærarar og eitt om vaksenrolla. Vidare vil erfaringar og gode eksempel mellom anna frå verdiprosjektet bli spreidde via nettstaden til Læringssenteret. Departementet vil sjå haldningsskapande tiltak og program mot mobbing i samanheng med Regjeringa sin strategiplan for psykisk helse hos barn og unge. Styrking av lærarane sin kunnskap om og dugleik i undervisning om menneskerettar er òg eit tiltak som støtter opp om verdidebatten.
For å stimulere til auka fysisk aktivitet innanfor rammen av skoledagen vil Utdannings- og forskingsdepartementet samarbeide med Helsedepartementet om eit prosjekt for å utvikle gode eksempel på tilrettelegging for fysisk aktivitet. Departementet samarbeider også nært med fleire departement om oppfølging av ulike handlings- og strategiplanar.
Vidareutvikling av samarbeid heim-skole er eit prioritert område også i 2004. Det er laga ein brosjyre om rettar og plikter for utdeling til heimane i grunnskolen. Departementet vil følgje opp utviklinga av eit elektronisk foreldrenettverk i regi av Foreldreutvalet for grunnskolen. Fleire tiltak for å styrkje samarbeidet heim-skole blir drøfta i samband med oppfølging av innstillinga til Kvalitetsutvalet.
For å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å setje i verk ei særskild satsing på skoleanlegg, vart det i 2002 innført ei tilskotsordning der staten gir rentekompensasjon på lån til nybygg og rehabilitering. I 2003 dekkjer staten renter på lån innanfor ei investeringsramme på 3 mrd. kroner. Regjeringa vil føre denne ordninga vidare, og foreslår at staten i tillegg skal dekkje renter knytte til nye investeringer i 2004 innanfor ei ramme på 2 mrd. kroner. Rentekompensasjon blir løyvd over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Mål: Ta vare på og utvikle vidare kompetente og engasjerte skoleleiarar og lærarar
Utfordringane er i hovudsak knytte til utviklinga av lærarane sin kompetanse for å styrkje elevane sitt læringsutbytte i basisfaga. I tillegg stiller innføring av større lokal handlefridom og ansvar nye krav til skoleleiarar og lærarar. Det er ei særleg utfordring at mange lærarar i vidaregåande opplæring vil gå av med pensjon samtidig som talet på elevar aukar, og at rekrutteringa av lærarar med kompetanse for undervisning mellom anna i yrkesfaga, real- og språkfaga er svak.
Ved endring av opplæringslova i juni 2003 er kravet om at kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing, ført vidare, men dei formelle og detaljerte kompetansekrava for rektor er borte og erstatta med realkompetanse i pedagogikk og leiing, jf. Innst. O. nr. 126 (2002-2003) til Ot.prp. nr. 67 (2002-2003). For å medverke til rekruttering av kvalifiserte skoleleiarar, og å styrkje kompetansen til dei skoleleiarane som er i arbeid, har departementet teke initiativ til å utvikle og setje i verk relevante etter- og vidareutdanningstilbod og mastergradsstudium i skoleleiing.
Grunnleggjande etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT vil bli ført vidare (jf. kap. 248 og 226), og ei stipendordning for å heve kompetansen til minoritetsspråklege lærarar som arbeider i skolen utan formell kompetanse, vil bli sett i verk.
Kommunar og fylkeskommunar har lagt til rette for kompetanseutvikling for lærarane gjennom «Kvalitetsutvikling i grunnskolen 2000-2003», «Prosjekt Differensiering i videregående opplæring», «Samtak» og «PILOT». For at erfaringar frå desse prosjekta skal kunne utviklast vidare, og for at skoleeigarar skal få større handlingsrom til å setje inn tiltak retta mot lokale behov for kompetanseutvikling, blir det i 2004 løyvd 100 mill. kroner til kommunar og fylkeskommunar. Tilskota skal nyttast til etter- og vidareutdanning innafor basisfag, dei nasjonale strategiplanane, tilpassa opplæring og læringsmiljø.
For mellom anna å stimulere til pedagogisk nytenking og leggje til rette for erfaringsbasert kompetanseutvikling vart det i 2002 innført ei prøveordning med demonstrasjonsskolar. Demonstrasjonsskolane skal dele erfaringane sine mellom anna gjennom besøks- og kursverksemd, hospiteringsordningar og som praksisskolar for studentar i lærarutdanninga. Erfaringane med demonstrasjonsskolane synest å vere gode, og departementet vil føre vidare og vidareutvikle ordninga. Dei 22 demonstrasjonsskolane som vart utpeika i 2002, har til saman hatt 750 besøk i vårhalvåret 2003. Andre skolar utgjer hovudgruppa av besøka, men skolane har også teke imot næringsliv, media, studentar og andre. Tilbakemeldingane frå dei besøkande har vore svært positive, det same er evalueringa frå skolane sjølve og frå skoleeigarane.
Etter ein gjennomgang av ordninga med bonusskolar i 2002 og 2003 blir det ikkje lagt opp til ei vidareføring av denne ordninga. Midlane som vart tildelte til dette formålet, blir i 2004 prioriterte til andre kompetanseutviklingstiltak.
Eit prosjekt for å styrkje rettleiinga for lærarar det første året dei er i arbeid, vart starta skoleåret 2002-03. Prosjektet blir ført vidare. Departementet vil også ta initiativ til kompetanseutvikling for lærarar og skolebibliotekarar i å stimulere elevane si leselyst ved bruk av litteratur og skolebibliotek, jf. tiltaksplanen «Gi rom for lesing».
Få lærarar søkjer individuelle stipend til etterutdanning knytt til europeiske program for skolesamarbeid. Skolane har problem med å skaffe midlar til slikt samarbeid. Berre ein av fem skolar melder at dei har utsikt til midlar frå skoleeigar for å føre samarbeidet vidare. Styrking av internasjonalt samarbeid på skolenivå er mellom anna knytt til engasjementet for internasjonalisering hos skoleeigarar, leiarar og lærarar. Motivering av lærarar til å delta i internasjonalt skolesamarbeid krev at alle nivå i skoleadministrasjon og styresmakter gjer sitt for å synleggjere at internasjonalt engasjement er verdifullt. Ei ny, nettbasert handbok for internasjonalisering i grunnopplæringa blir utvikla vidare i 2004 som eit tiltak for tilrettelegging og motivering.
Mål: Meir lokalt ansvar og bruk av lokal handlefridom
Hovudutfordringa er å gi kommunar og fylkeskommunar handlefridom til å velje den organiseringa av skolen som dei har behov for og finn naturleg i arbeidet med å nå nasjonale mål. Dei må gjerast kjende med og i stand til å utnytte denne handlefridomen, og tileigne seg nødvendig kompetanse til å ta det ansvaret som følgjer med.
Som eit ledd i arbeidet med å gi skoleeigar større handlefridom er klassedelingsreglane i opplæringslova oppheva både for grunnskolen og vidaregåande opplæring, med verknad frå 1. august 2003. I samband med handsaminga av denne lovendringa sa Stortinget: «Stortinget ber Regjeringen gjennom tilsynsordningen påse at opphevingen av delingstallet ikke blir brukt som sparetiltak. Klassedelingstallet skal ligge til grunn som minstenivå for ressurstildeling også etter at bestemmelsen om klassedeling er opphevet». I tillegg til at skoleeigar må sikre at han held seg innanfor dei krava Stortinget stiller om minstenivå for ressurstildeling, må det ved tildeling av lærarressursar i det konkrete høvet også bli vurdert kva som eventuelt må komme i tillegg for å innfri kravet om at tilbodet skal vere forsvarleg. Læringssenteret har fått i oppdrag å utarbeide ei rettleiing om kva som er forsvarleg.
I St.meld. nr. 33 (2002-2003) Om ressurssituasjonen i grunnopplæringa m.m. er det gitt ei prinsipiell vurdering av finansieringssystemet for grunnskolen. Departementet greier vidare ut om finansieringa av vidaregåande opplæring, og ei vurdering av dette er derfor ikkje gitt i meldinga. Departementet har i stortingsmeldinga understreka at prinsippet om rammefinansiering framleis bør gjelde for finansieringa av grunnskolen. For at rammefinansieringa skal fungere etter intensjonen, er det avgjerande at kommunane har det nødvendige handlingsrommet, både økonomisk og på andre måtar, til å ivareta ansvaret sitt på en god måte. Det er ikkje grunnlag for å hevde at dagens finansieringssystem ikkje sikrar tilstrekkelege ressursar til skolen, og at det derfor er behov for radikale endringar i finansieringssystemet slik det er no. Departementet vil følgje utviklinga i ressurssituasjonen nøye i dei nærmaste åra og halde Stortinget orientert, mellom anna gjennom ei årleg utgreiing om forholdet mellom kvalitetsutvikling i skolen og ressurssituasjonen.
I 2004 tek kommunar og fylkeskommunar over forhandlingsansvaret for lærarane. Dette er også ledd i arbeidet med å gi skoleeigar meir ansvar og handlefridom.
Skyss av grunnskoleelevar
Ansvaret for å organisere og skaffe til vege skoleskyss ligg hos fylkeskommunane, medan kommunane betaler persontakst per elev som har rett til skyss, jf. opplæringslova § 13-4.
I Sem-erklæringa står det at Regjeringa ønskjer å overføre ansvaret for skoleskyssen for grunnskoleelevane til kommunane, og at det vil sikre at det blir lagt vekt på skyssutgiftene ved vurdering av endringar i skolestrukturen.
Ansvaret for skyss av skoleelevar vart overført frå kommunane til fylkeskommunane i 1986. Bakgrunnen for overføringa var at ein ønskte betre samordning av det samla rutetilbodet. Kommunane er ofte for små til å kunne sjå ruteopplegget i samanheng, og dei vil dessutan ofte vere altfor små i forhandlingar med trafikkselskapa om kjøp av tenester. Det vart derfor vurdert slik at det finansielle ansvaret for skoleskyssen burde leggjast til eit forvaltningsnivå som er større enn kommunen.
Nordlandsforskning har, på oppdrag frå departementet, undersøkt samanhengen mellom skolenedleggingar og skyssansvar. Så godt som alle nedleggingane som Nordlandsforskning undersøkte, har medført at elevane frå den nedlagde skolen må ha skoleskyss for å komme til/frå skolen dei vart overførte til, og at skyssavstandane for den enkelte elev har auka. For knapt halvparten av nedleggingane førte nedlegginga med seg små eller ingen endringar i dei totale (kommunale og fylkeskommunale) kostnadene til å drive skoleskyss. Forklaringa på dette er at det gjekk skoleskyss med ungdomsskoleelevar i det aktuelle området frå før, eller at den nedlagde skolen også var ein skysskole. For den andre halvparten av nedleggingane auka skysskostnadene. Dette kom av behov for nye bussruter, store endringar i ruteopplegget, eller at bruken av undertransportørar (mindre bussar og drosjer) auka.
Skolenedleggingar, i dei tilfella der talet på elevar med rett til skyss aukar, medfører alltid at skysskostnadene til kommunen aukar. Kor stor denne auken er, heng saman med kor mange ekstra skysselevar nedlegginga skaper, og kor mykje skyssavstanden aukar. Kommunens auka kostnader utgjer samstundes auka billettinntekter for trafikkselskapa eller mindre utgifter for fylkeskommunane. Vidare har Nordlandsforskning funne at ved enkelte nedleggingar, der det må etablerast nye ruter, må fylkeskommunane eller trafikkselskapet bere det meste av kostnadsaukane, mens i andre tilfelle dekkjer auken i billettinntektene inn kostnadsauken.
Det er derfor ingen eintydig samanheng mellom skolenedleggingar og endring i kostnad til skyssdrift eller fordeling av kostnadsendringane mellom fylkeskommunane og primærkommunane. Nordlandsforskning uttaler at dei: «i liten grad finner belegg for å hevde at primærkommunene velter vesentlige kostnadsbyrder over på fylkeskommunene. Dette kan således være et argument for at dagens ordning fungerer tilfredsstillende».
I lys av dette blir det ikkje foreslått endringar i ansvarsdelinga mellom kommunar og fylkeskommunar når det gjeld skyss av barn i grunnskolen. Departementet vil følgje situasjonen, og komme tilbake til Stortinget med forslag til tiltak dersom situasjonen skulle endre seg.
Vurdering av personvern i samband med utvikling av nettstaden Skoleporten.no og nasjonale prøver
I Innst. O. nr. 127 (2002-2003) ber kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen Utdannings- og forskingsdepartementet om å «...vurdere nærmere de problemstillinger som reises i forbindelse med opprettelse av informasjonsdatabaser over elevers prøvingsresultater på individnivå, og melde tilbake til Stortinget på en passende måte før slike baser etableres.»
Gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2002-2003) slutta Stortinget seg til Regjeringa sitt forslag om å etablere eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. Systemet skal leggje til rette for informerte avgjerder på alle nivå.
Det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering skal omfatte offentlege skolar, skolar som er godkjende etter privatskolelova/friskolelova, og private skolar som er godkjende etter opplæringslova.
Stortinget slutta seg under handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2002-2003) også til departementet sitt forslag om å etablere ein nettstad som vil få namnet Skoleporten.no, der informasjon om kvalitet for skolar, skoleeigarar og nasjonalt nivå blir gjord tilgjengeleg via Internett.
Det skal hentast inn informasjon om elevane sine læringsresultat, om læringsmiljø og om læringsressursar, bl.a. gjennom nasjonale prøver og ved bruk av modular frå Elevinspektørane. Elevinspektørane er Læringssenteret sitt verktøy for kartlegging av læringsmiljø ved hjelp av spørjeundersøkingar. Resultat av kartlegging frå Elevinspektørane blir berre registrerte på klassenivå, ikkje på individnivå. Elevinspektørane rettar seg mot læringsmiljøet på heile skolen og er ikkje knytte til det einskilde faget eller berre til den gruppa eleven hører til.
Stortinget vedtok, samtidig med vedtaket om ny friskolelov (LOV 2003-07-04 nr. 85: Lov om frittståande skolar), forslaget i Ot.prp. nr. 80 (2002-2003) om endring av opplæringslova (LOV 1998-07-17 nr. 61: Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa).
Med verknad frå 1. oktober 2003 har derfor departementet heimel til å vedta forskrift som pålegg elevane og dei som er ansvarlege for opplæringa, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportering om tilhøve som har tyding for evaluering av opplæringsverksemda, friskolelova § 7-2, 5. ledd og opplæringslova § 14-1, 4. ledd.
Med heimel i desse lovene vil departementet vedta slik forskrift.
Nasjonale prøver
Stortinget slutta seg under handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2002-2003) til departementet sitt forslag om å innføre nasjonale prøver for å kartleggje elevane sin grunnleggjande dugleik i lesing, skriving, matematikk og engelsk på fire ulike trinn i grunnopplæringa.
Formålet med prøvene er at dei skal gi dei som tek avgjerdene på ulike nivå, grunnlag for å setje i verk nødvendige tiltak i sektoren, og elevar og deira føresette betre grunnlag for å stille krav og/eller medverke til betringar i opplæringa. Prøvene skal også brukast pedagogisk og føreset derfor tilbakemelding til skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar som grunnlag for betring og utvikling av den einskilde lærestaden, og tilbakemelding til den einskilde eleven og eleven sine føresette som grunnlag for eleven si læring og utvikling.
Prøvene skal utformast slik at dei gir grunnlag for å vurdere utviklinga over tid. Arbeidet med å utvikle dei nasjonale prøvene er i full gang. Det blir utvikla slike nasjonale prøver for 4., 7. og 10 . klassetrinn og for grunnkurs i vidaregåande opplæring.
Våren 2004 vil det bli halde obligatoriske nasjonale prøver i lesing og matematikk på 4. og 10. trinn og i engelsk på 10. trinn. I tillegg vil det bli gjennomført nasjonal pilotering av nasjonale prøver på alle område og på alle fire trinn. Dei nasjonale prøvene vil vidare bli gjort tilgjengelege for frivillig bruk på alle skolar.
Skoleporten.no
Nettstaden for informasjon om kvaliteten i grunnopplæringa i Noreg er under utvikling og blir lansert våren 2004. Han vil innehalde informasjon om elevane sitt læringsmiljø, om læringsutbytte og ressurssituasjonen ved den enkelte skolen. Informasjonen skal vere på skolenivå, kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt nivå, men vil ikkje innehalde opplysningar på individnivå. I tillegg skal han innehalde artiklar, rapportar og anna støtte- og rettleiingsmateriell. Formålet med nettstaden er m.a. at han skal medverke til meir informasjon og engasjement for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling i opplæringa, og gi eit best mogleg grunnlag for å setje i verk tiltak.
Personvern
Ved at skolane vil bli pålagde å innrapportere data også på individnivå, ber Stortinget i Innst. O. nr. 127 (2002-2003) Regjeringa «...legge frem en vurdering av personvernet i forbindelse med opprettelse av informasjonsdatabaser over elevers prøvingsresultater på individnivå».
Behandling av personopplysningar er regulert av personopplysningslova (LOV 2000-04-14 nr. 31: Lov om behandling av personopplysningar) og forskrifta til denne (FOR 2000-12-15 nr. 1265: Forskrift til personopplysningslova).
I personopplysningslova § 8 heiter det at «Personopplysninger» berre kan «behandles dersom den registrerte har samtykket, eller det er fastsatt i lov at det er adgang til slik behandling,».
For at det nye systemet for kvalitetsvurdering skal fungere etter formålet, er det viktig at informasjonen som ligg til grunn for avgjerdene, er best mogleg. Dei nasjonale prøvene skal saman med annan kunnskap om elevane og skolen danne grunnlag for at skolen skal kunne gi ei best mogleg tilpassa opplæring for den einskilde eleven. Det er derfor viktig at alle elevar tek del i dei nasjonale prøvene og kartleggingane om læringsmiljøet. Kvaliteten på statistikken blir óg betre dersom talet på elevar som tek del i prøvene og kartleggingane av læringsmiljøet, er høgast mogleg. På bakgrunn av dette ønskte departementet at det skulle vere obligatorisk å delta i prøvene, og fremma forslag om lovendringar for å kunne gi forskrift om å påleggje elevar og dei som er ansvarlege for opplæring å delta i kartleggingane. Stortinget slutta seg til dette. Innhenting av løyve frå deltakarane er derfor ikkje nødvendig for innsamling av informasjon.
Dei nasjonale prøvene vil bli innrapporterte på individnivå. Dette er nødvendig for å kunne vurdere utviklinga over tid, både for den einskilde eleven og for skolen, slik Stortinget slutta seg til under handsaminga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 3 (2002-2003).
Læringssenteret har ansvaret for å gjennomføre dei nasjonale prøvene. Dette inkluderer også innsamling av resultat, databehandling, lagring og sletting. Læringssenteret har i dag ansvaret for gjennomføring av eksamen og har tilsvarande databasar over elevane sine eksamensresultat. Læringssenteret vil sjå til at det blir etablert ein infrastruktur for handsaming av resultata frå dei nasjonale prøvene som er i samsvar med krava frå Datatilsynet.
Tryggleik
Personopplysningslova stiller som grunnkrav at opplysningar som vert innhenta, berre skal nyttast til uttrykkeleg nemnde formål som er sakleg grunngitte i den verksemda som er ansvarleg for handsaminga, lova § 11 b. I vurderinga av og i arbeidet med tryggleiksspørsmåla vil dette bli lagt til grunn for dei vurderingane departementet gjer.
Lova stiller krav om at det vert etablert og dokumentert tilfredsstillande informasjonssikkerhet og internkontroll (§§ 13, 14). Fleire reglar og krav til dette finn ein i forskrifta kap. 2 Informasjonstryggleik og kap. 3 Internkontroll.
Den tekniske løysinga for Skoleporten er todelt, med ein produksjonsdatabase der all innsamla informasjon i forhold til utrekning av kvalitetsindikatorane ligg lagra, og ein portal der brukarane får tilgang til informasjonen. Formålet med produksjonsdatabasen er å setje saman data frå dei ulike kjeldene og gjere dei tilgjengelege for sluttbrukarane i portalen. Dataene som ligg lagra i produksjonsdatabasen, er ikkje på individnivå. Berre dei tekniske brukarane med rolle som systemadministrator får tilgang til dataene som ligg i produksjonsdatabasen. Både i produksjonsdatabasen og i Skoleporten vil det lågaste nivået som data er tilgjengeleg på, vere data på skolenivå.
I Skoleporten vil det som nemnd ikkje liggje opplysningar på individnivå. Når dei nasjonale prøvene kjem i gang, vil resultatet av desse bli sendt til eit mottaksapparat utanfor Skoleporten. Som nemnd ovanfor, vil det bli etablert ein infrastruktur som er i samsvar med Datatilsynet sine krav. Produksjonsdatabasen i Skoleporten vil berre motta data på skolenivå frå dei nasjonale prøvene. Det vil ikkje bli innhenta opplysningar om sosiale eller økonomiske forhold frå den einskilde eleven verken i samanheng med dei nasjonale prøvane eller ved bruk av dei obligatoriske modulane frå Elevinspektørane.
Komiteen samanliknar lagring av data i Skoleporten med lagring av helseinformasjon. I Skoleporten vil det ikkje liggje data på individnivå. Dette vil derfor vere ulikt eit helseregister, og jamføringa med dei reglane som gjeld for handsaming av slike register, er etter departementet si oppfatning ikkje relevant.
Parallelt med utvikling av portalen er departementet i gang med å utarbeide ein plan for tilfredsstillande tryggleikstiltak (tryggleikshandbok) for Skoleporten.
Det er utarbeidd eit sett med publiseringsreglar som sikrar at den informasjonen som blir publisert i Skoleporten, ikkje kan sporast tilbake til einskildindivid. Dette vil bli sikra ved den tekniske løysinga for portalen.
Publiseringsgrensene for offentleg tilgjengeleg informasjon på Skoleporten er så strenge at om lag ein tredjedel av barneskolane og ein fjerdedel av ungdomsskolane fell utanfor publisering av indikatorar som er rekna ut heilt ned på klassetrinn (på landsbasis vil dette seie at omlag 6 pst. av elevane fell utanfor). Dette er gjort blant anna av omsyn til personvernet.
Men for at Skoleporten skal kunne fylle rolla si som del av eit kvalitetsvurderingssystem, har det likevel mykje å seie at rektorar, skoleeigarar og tilsynsstyresmakter får tilgang til informasjon på sitt avgjerdsområde. Det er derfor opna for at desse kan få tilgang til statistikk under publiseringsgrensene for sitt avgjerdsområde, men ikkje for lågare nivå enn klassetrinn. Det vert oppretta ein eigen database som administrerer brukarar og deira passord.
Om informasjon som er tilgjengeleg på Skoleporten, kan sporast tilbake til å seie noko om ein identifiserbar lærar si utføring av arbeidet, og om dette i tilfelle vil vere i strid med reglane om personvern, har vore utreda.
Departementet sin konklusjonen er at opplysningane som skal publiserast i Skoleporten, ikkje vil representere personopplysningar om lærarane. Opplysningar frå nasjonale prøver for eit klassetrinn vil til dømes ikkje vere i strid med reglane om personvern for lærarar, men vere uttrykk for resultatet av fleire innsatsfaktorar som verkar saman, og som til saman seier noko om kvaliteten på undervisninga ved den enkelte skolen.
Utvikling av portalen og arbeidet med retningslinjer og tryggleikshandbok vil skje i tett dialog med Datatilsynet.
Unntak
Det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling skal omfatte offentlege skolar, skolar som er godkjende etter privatskolelova/friskolelova, og private skolar som er godkjende etter opplæringslova.
Eit av formåla med systemet er å gi både dei som tek avgjerder på ulike nivå i utdanningssystemet, grunnlag for å setje i verk turvande tiltak i sektoren, og eleven eller eleven sine føresette grunnlag for å vurdere kvaliteten på opplæringa og medverke til at den blir betre. For å gi eit best mogleg opplæringstilbod til den einskilde eleven, er det derfor viktig at alle tek del.
For å få høgast mogleg kvalitet på den statistikken som blir publisert på portalen, er det derfor etter departementet si vurdering også viktig at alle kan påleggjast å delta i rapporteringa og evalueringa.
Departementet vil likevel vurdere om det skal kunne opnast for at einskilde elevar og einskilde skolar skal kunne fritakast frå deltaking dersom det vert gjort vedtak om at dei har fritak frå gjeldande opplæringsplan. Departementet vil i tillegg vurdere om einskilde elevar skal kunne bli fritekne frå spørjeundersøkingar om læringsmiljø. Omsynet til skolen og skolen sine resultat kan ikkje brukast som grunn for å utelukke ein elev frå dei nasjonale prøvene.
Skolar som har godkjende alternative læreplanar, vil kunne søkje departementet om å plassere dei nasjonale prøvene på andre trinn i opplæringa om det er fagleg grunna eller om andre tilpassingar som er grunna i deira læreplan. I særlege høve og ut frå faglege vurderingar kan skolar óg søkje fritak frå å delta i dei nasjonale prøvene og andre pålagde kartleggingar.
Sletting
Eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering skal leggje hovudvekt på resultatkvalitet og på det heilskaplege læringsutbyttet elevar og lærlingar får i grunnopplæringa. Når dei nasjonale prøvene blir gjennomførte, er derfor eit av måla å kunne måle elevane si utvikling over tid, og samtidig gi lærestader og skoleeigarar betre reiskapar til å måle resultat og prosessar i opplæringa. For å få til dette gjennom heile skoleløpet er det nødvendig å lagre opplysningane i om lag 15 år før dei blir sletta.
Informasjonsplikt
Personopplysningslova har i kap. III reglar om informasjonsplikt for den som er ansvarleg for saksbehandlinga. Departementet vil sørgje for at slik informasjon blir gitt frå sentralt nivå til elevar, føresette, lærarar og administrativt personale før kartlegginga startar.
På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor, meiner departementet at omsynet til personvern er teke vare på i samband med utvikling av dei nasjonale prøvene og Skoleporten.no, og vil ha tett dialog med Datatilsynet for å sikre dette vidare etter kvart som kvalitetssystemet blir implementert.
Kap. 221 Grunnskolen (jf. kap. 3221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 10 079 | 5 992 | |
60 | Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg , kan overførast | 22 879 | 10 870 | |
61 | Tilskott til institusjonar | 33 798 | 35 049 | |
62 | Tilskott til Fjellheimen leirskole | 3 568 | 3 943 | 4 081 |
63 | Tilskott til skolefritidsordningar , kan overførast | 462 031 | 153 203 | |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen | 696 407 | 662 613 | 785 473 |
66 | Tilskott til leirskoleopplæring | 27 579 | 90 300 | 33 534 |
67 | Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar , overslagsløyving | 89 213 | 91 059 | 41 604 |
69 | Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma | 539 614 | 512 825 | 371 480 |
70 | Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane | 7 308 | 7 300 | 7 563 |
Sum kap. 221 | 1 892 476 | 1 573 154 | 1 243 735 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Kap. 221 post 61 blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. Midlene på posten er overførte til kap. 571 post 60.
Kap. 221 post 63 er innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003. Midlane på posten er overførte til kap. 571 post 60.
Kap. 221 post 65 er oppjustert med 41,8 mill. kroner i samband med at forsøket med rammefinansiering av øyremerkte tilskott er ferdig 1. januar 2004. Midlane er overførte frå kap. 571 post 68.
Kap. 221 post 66 er nedjustert med 62,5 mill. kroner i samband med at delar av posten er innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. Midlane er overførte til kap. 571 post 60.
Kap. 221 post 66 er oppjustert med 4,6 mill. kroner i samband med at forsøket med rammefinansiering av øyremerkte tilskott er ferdig 1. januar 2004. Midlane er overførte frå kap. 571 post 68.
Kap. 221 post 67 er oppjustert med 5,4 mill. kroner i samband med at forsøket med rammefinansiering av øyremerkte tilskott er ferdig 1. januar 2004. Midlane er overførte frå kap. 571 post 68.
Kap. 221 post 67 blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. 91,1 mill. kroner blir overførte til kap. 571 post 60. Midler til å dekkje aktiviteten i andre halvår 2003 blir foreslått løyvd på kap. 221 post 67, jf. postomtala.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga var ein del av verkemiddelordninga, jf. post 60. Ordninga er avvikla frå 31. juli 2003.
Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast
Verkemiddelordninga har vore retta mot skolar i Nord-Noreg med særskilt stor mangel på kvalifiserte lærarar, jf. også kategoriomtala. Verkemiddelperioden på fem år gjekk ut 31. juli 2003, og tilskottsordninga er derfor avvikla.
Post 61 Tilskott til institusjonar
Skoleåret 2002-03 vart det gitt tilskott til opplæring ved ni institusjonar med heile landet som inntaksområde.
Då Stortinget handsama Kommuneproposisjonen for 2004, vart det varsla at denne posten blir innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. januar 2004. Midlane blir overførte til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Institusjonane må da krevje gjesteelevsoppgjer frå heimkommunane til elevane.
Post 62 Tilskott til Fjellheimen leirskole
Fjellheimen er ein leirskole for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Målet med tilskottet er å medverke til drifta ved Fjellheimen. Leirskolen finansierer drifta ved statstilskott, eigenbetaling frå deltakarane og eit bidrag frå Engerdal kommune. Elevtalet ved leirskolen har vore stabilt på litt under 1 000 i dei siste åra. I 2002 hadde skolen 1 000 elevar.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 63 Tilskott til skolefritidsordningar, kan overførast
Etter opplæringslova har alle kommunar plikt til å ha tilbod om skolefritidsordning (SFO). Tilbodet er godt utbygd i kommunane, og meir enn halvparten av elevane i 1.-4. klasse har no plass i SFO.
Posten vart innlemma i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2003, og midlane er overførte til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i grunnskolen
Ordninga omfattar tilskott til tre tiltak:
særskild norskopplæring
morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring
opplæring for barn i statlege asylmottak
Målsetjing
Målet med tilskottet til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring er å medverke til at elevar frå språklege minoritetar får opplæring i samsvar med sine evner og føresetnader.
Målet med tilskottet til opplæring av barn i statlege asylmottak er å medverke til at desse barna kan få starte på skolen så snart som mogleg etter at dei er komne til landet. Tilskottet gjeld all grunnskoleopplæring for desse barna, også særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar.
Rapport for 2002-03
Om lag 34 000 elevar fekk skoleåret 2002-03 særskild norskopplæring, og om lag 19 000 elevar fekk morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. For særskild norskopplæring er dette ein auke på 3 pst., og for morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring er elevtalet på same nivå som for skoleåret 2001-02. Talet på barn i statlege asylmottak varierer mykje frå år til år og frå månad til månad, avhengig av talet på flyktningar.
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget for 2004 dekkjer tilskott for skoleåret 2003-04. Timesatsen for tilskott til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring for språklege minoritetar er for skoleåret 2003-04 kr 251 per undervisningstime. Tilskottet som blir gitt til opplæring av barn i statlege asylmottak, er for skoleåret 2003-04 kr 55 658 per barn.
20 kommunar har vore med i eit forsøk med rammefinansiering av øyremerkte tilskott. Dette er eit av dei tilskotta som var omfatta av forsøket. Forsøket er no avslutta, og midlar vil derfor bli førte tilbake til denne posten frå kap. 571 post 68 på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.
Post 66 Tilskott til leirskoleopplæring
Målet med tilskottsordninga er å stimulere kommunane til å gi alle elevar eit leirskoleopphald i løpet av grunnskoletida.
Skoleåret 2002-03 planla 3 286 klassar med i alt 61 297 elevar å reise på leirskole. Dette utgjer om lag 11 pst. av alle klassane i grunnskolen, noko som tyder på at dei aller fleste elevane i grunnskolen får tilbod om eit leirskoleopphald i løpet av dei ti åra grunnskolen varer.
Ein kommune som arrangerer leirskole, må finansiere dette utan eigenbetaling frå foreldra. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2003 vedtok Stortinget å løyve 90,3 mill. kroner i øyremerkte tilskott over denne posten. Av desse midlane skulle 62,5 mill. kroner erstatte fråværet av foreldrebetaling, slik at gratisprinsippet òg gjeld leirskoleopphald. Resten av løyvinga i 2003 går til å dekkje lærarlønningar.
Ved handsaminga av St.prp. nr. 66 (2002-2003) Kommuneproposisjonen ba Stortinget regjeringa å legge inn i rammetilskottet den delen av tilskottet som har erstatta foreldrebetaling. Desse midlane blir overført til kap. 571 post 60 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartmentet frå 1. januar 2004.
Post 67 Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, overslagsløyving
Etter opplæringslova §13-6 skal alle kommunar aleine eller i samband med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i samband med skoleverket og kulturlivet i kommunen.
Våren 2003 tok 83 596 barn i grunnskolealder del i dette tilbodet, i tillegg til drygt 9 147 førskolebarn og 9 682 over grunnskolealder. Det har vore ein auke i talet på elevar på 9,7 pst. frå 2002.
Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 220 (1998-99) Om kommuneøkonomien 2000 mv. å setje i gang eit tidsavgrensa forsøk med innlemming av øyremerkte tilskotsordningar i rammetilskottet for 20 utvalde kommunar. Eit viktig mål med forsøket var å finne ut om inntekter tilførte som rammetilskott medverkar til meir effektiv oppgåveløysing i kommunane. Forsøket blir avvikla som planlagt etter budsjettåret 2003. Tilskottet til musikk- og kulturskolar har inngått i forsøket.
Utdannings- og forskingsdepartementet har vore i kontakt med forsøkskommunane og fått informasjon om utviklinga i musikk- og kulturskoletilbodet i desse kommunane. Talet på elevar har gått opp ved 80 pst. av skolane, medan talet på søknader om elevplass har gått opp ved om lag 60 pst. av skolane. Foreldrebetalinga er sett noko opp i halvparten av forsøkskommunane i forsøksperioden.
Regjeringa foreslår at midlane på posten blir overførte til kap. 571 post 60 Rammetilskotet på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet frå 1. januar 2004, jf. St.prp. nr. 66 (2002-2003) Kommuneproposisjonen. Det øyremerka tilskotet blei utbetalt etterskotsvis medan rammefinansiering følgjer budsjettåret. For at ikkje kommunane skal bli belasta med et etterslep i overgangen fra øyremerka finansiering til rammefinansiering, blir det i 2004 foreslått å løyve 41,6 mill. kroner på kap. 221 post 67 for å dekkje aktiviteten høsten 2003.
Post 69 Kompensasjon for investeringskostnader ved grunnskolereforma
Tilskottet skal kompensere for meirutgifter kommunane hadde til investeringar i skolebygg i samband med skolestart for seksåringane. Den samla investeringsramma er på 5 182,9 mill. kroner.
Med utgangspunkt i investeringsramma blir det rekna ut ein årleg kompensasjon til kommunane. Denne dekkjer dei årlege utgiftene til nedbetaling av eit lån på same storleik som investeringsramma. Investeringskompensasjonen for 2004 er basert på ei rente på 3,67 pst. I tråd med tidlegare praksis er den effektive renta på 9-12 månaders statskassevekslar per 1. juli 2003, tillagd ein margin på 0,5 prosentpoeng, lagd til grunn.
Løyvingsforslaget for 2004 er noko redusert som følgje av lågare rente og attståande lånebeløp.
Post 70 Tilskott til utvikling av musikk- og kulturskolane
Målet med tilskottet er å medverke til å utvikle musikk- og kulturskoletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid med grunnskolane og det lokale kulturlivet. Tilskottet blir gitt til Norsk kulturskoleråd. I 2003 er det gitt tilskott til prosjektet positivt skolemiljø i seks fylke. Midlane har og gått til andre prosjekt mellom anna lokale utviklingsprosjekt, kvalitetsutvikling, nettverks- og informasjonsarbeid og ulike kurs for elevar på høgare nivå.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 3221 Grunnskolen (jf. kap. 221)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 46 388 | 41 243 | 50 147 |
Sum kap. 221 | 46 388 | 41 243 | 50 147 |
Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan i høve til statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein legg til grunn at ein del av løyvinga på kap. 221 post 65 blir innrapportert som utviklingshjelp. Tilsvarande beløp blir foreslått løyvd på kap. 3221 post 04.
Kap. 222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 3222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 46 069 | 43 381 | 49 273 |
Sum kap. 222 | 46 069 | 43 381 | 49 273 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er auka med 7,4 mill. kroner i samband med at Longyearbyen skole frå 1. januar 2004 blir lagd inn under den ordinære husleigeordninga for statlege bygg.
Post 01 er nedjustert med 1,9 mill. kroner som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift og med 0,1 mill. kroner som følgje av avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet omfattar:
drift av Longyearbyen skole, Svalbard
drift av skole og internat ved Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal
undervisnings- og internattenester for sameskolane i kommunane Snåsa og Målselv
ventelønn for personale ved avvikla statsinternat
Resultatrapport for 2002
Longyearbyen skole
I skoleåret 2002-03 hadde skolen gjennomgåande ca. 215 elevar. Av desse var 34 i vidaregåande opplæring. I tillegg gav skolen vaksenopplæring til ca. 40 personar. Skolen har innslag av minoritetsspråklege elevar og elevar med spesialpedagogiske behov. Skolen har ansvar for leiing av skolefritidsordninga, den lokale kulturskolen og PPT-kontoret.
Auken i elevtalet ved Longyearbyen skole i dei siste ti åra (frå 164 i skoleåret 1992-93) reflekterer aktiviteten i Svalbardsamfunnet som økonomisk sone og forskingsområde. Skolen har behov for utvida og ombygde lokaler, og ei arbeidsgruppe har sett nærmare på arealbehovet. Gruppa si tilråding er til vurdering i departementet med sikte på bygging innanfor Statsbygg si fullmaktsramme. Uavhengig av dette vil skolen slik han no er, bli ført over til den ordinære husleigeordninga frå 1. januar 2004.
Grunnskolar for samiske elevar
Sameskolen i Midt-Noreg, Hattfjelldal, hadde i skoleåret 2002-03 seks faste elevar, og fire av desse budde på internatet. I tillegg fekk tre elevar i den kommunale skolen opplæring i samisk ved sameskolen. 28 elevar hadde i løpet av året åtte vekers internatopphald ved skolen med intensivopplæring i samisk språk og kultur. Skolen gav fjernundervisning til 25 elevar i 14 kommunar.
I 2000 sette departementet i gang prosjektet «Sørsamisk opplæring ved heimeskolen», koordinert av Statens utdanningskontor i Nordland. Prosjektet, som blir avslutta i 2004, tek sikte på å komme fram til tilfredsstillande alternativ til internatskole for sørsamiske elevar.
Etter avtale med kommunane dekkjer staten utgifter for sameskolane i Snåsa og Målselv. Snåsa hadde i skoleåret 2002-03 30 elevar, og 15 av desse budde på internatet. I tillegg fekk om lag 30 barn i heimeskolane sine tilbod gjennom denne sameskolen sine ordningar med reiselærar, fjernundervisning og korttidsopphald på skolen. Målselv hadde 20 elevar. Dei fleste av desse budde på internatet.
Resultatmål for 2004
Longyearbyen skole
Departementet vil arbeide for at skolen får dekkje behovet sitt for lokaler ved tilbygg og ombygging, og elles leggje tilhøva til rette for at styring og drift av skolen blir lagde inn under lokalstyret sitt ansvarsområde, seinast frå 1. januar 2006.
Grunnskolar for samiske elevar
Bakgrunnen for at staten driv Sameskolen i Midt-Noreg og dessutan gir eiga løyving til sameskolane i kommunane Snåsa og Målselv, er å gi samiske elevar opplæringstilhøve som kan vere med og styrkje samisk språk og identitet. Når prosjektet «Sørsamisk opplæring ved heimeskolen» er avslutta og evaluert, vil departementet ta standpunkt til organisering av samisk grunnopplæring.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3222 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 3222 Statens grunnskolar og grunnskoleinternat (jf. kap. 222)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 307 | 364 | 377 |
18 | Refusjon av sjukepengar | 665 | ||
Sum kap. 3222 | 2 972 | 364 | 377 |
Post 02 gjeld i hovudsak inntekter frå utleige av hyblar til elevar i vidaregåande skole og utleige til skolefritidsordninga, begge delar ved Longyearbyen skole.
Kap. 223 Vidaregåande opplæring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 8 429 | 7 098 | |
60 | Tilskott til landslinjer | 139 194 | 144 351 | 149 403 |
65 | Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring | 25 628 | 26 178 | 27 094 |
70 | Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov | 6 700 | 6 961 | 7 212 |
71 | Tilskott til drift av opplæringsråd | 7 439 | 8 353 | |
72 | Tilskott til internasjonale utdanningsprogram | 46 100 | 40 647 | 46 952 |
73 | Tilskott til studieopphald i utlandet | 7 033 | 7 319 | 7 582 |
74 | Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College | 22 020 | 21 497 | 12 947 |
Sum kap. 223 | 262 543 | 262 404 | 251 190 |
Post 01 Driftsutgifter
Frå denne posten har mellom anna drifta av Sekretariatet for små og verneverdige fag, møter i opplæringsråda og Rådet for fagopplæring i arbeidslivet vorte finansierte.
Til drifta av Sekretariatet for små og verneverdige fag er det i 2003 løyvd 0,6 mill. kroner. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet er finansiert med 0,7 mill. kroner. Til aktivitetstilskott til opplæringsråda er det i 2003 løyvd 5 mill. kroner.
Posten er foreslått avvikla i 2004, jf. omtale under post 71.
Post 60 Tilskott til landslinjer
Målsetjinga med tilskottsordninga er å sikre elevar eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs. Det er Stortinget som har fastsett dei kursa som har status som landslinjer.
Skoleåret 2002-03 var kapasiteten 1 423 heilårselevplassar, og våren 2003 gjekk 1 147 elevar ved landslinjetilboda. Av desse kom 598 elevar frå vertsfylkeskommunen og 549 elevar frå andre fylkeskommunar. Kapasitetsutnyttinga samla for alle landslinjene var på 81 pst.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 65 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring
Målsetjinga med tilskottsordninga er å stimulere skoleeigarane til å gi ekstra språkopplæring til språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.
5 441 minoritetsspråklige elevar og lærlingar løyste våren 2003 ut tilskott, noko som er ein auke på 12 pst. frå våren 2002.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 70 Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at lærlingar med særskilde behov kan få tilrettelagt opplæringa i bedrift slik at ho fører fram til fagbrev. Tilskottet kompenserer bedrifter for ekstra arbeid og utgifter dei har i samband med tilrettelegging for desse lærlingane. Tilskottsforma gjeld berre lærlingar og ikkje lærekandidatar. Lærekandidatar har etter opplæringslova §4-2 rett til spesialundervisning i samsvar med kapittel 5 i opplæringslova.
Det vart i 2002 behandla 135 søknader om ekstraordinært tilskott på til saman 12,7 mill. kroner. 104 søknader vart innvilga med totalt 6,7 mill. kroner.
Tilskottsordninga er evaluert i 2003, og evalueringa syner at tilskottet i hovudsak fungerer etter formålet sitt. Om lag 60 pst. av lærlingane består fag-/sveineprøve eller oppnår kompetansebevis. Med tanke på at det her dreier seg om lærlingar med særskilde behov fordi dei har diverse fysiske og psykiske hemmingar, vurderer departementet dette som ei tilfredsstillande måloppnåing.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 71 Tilskott til drift av opplæringsråd
Opplæringsråda skal gi departementet råd i spørsmål som er knytte til fagopplæring. Dei er òg klageinstans for fagleg fatta vedtak i yrkesopplæringsnemndene. I tillegg medverkar opplæringsråda kontinuerleg i det arbeidet departementet gjer med tilbodsstruktur og læreplanar.
I samsvar med ILO-konvensjon No. 142 av 1975, som no er under revisjon, har Noreg forplikta seg til å ha eit samarbeid med partane i arbeidslivet i saker om fag- og yrkesopplæring. Konvensjonen legg ingen føringar på korleis samarbeidet skal organiserast.
Samarbeidet har sidan lov om fagopplæring i arbeidslivet blei vedtatt i 1980, vore organisert i faste nasjonale bransjeråd (opplæringsråda) og eit nasjonalt råd for hovudsamanslutningane, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA). Staten finansierer 50 pst. av driftsutgiftene og 100 pst. av aktivitetsutgiftene til opplæringsråda og 100 pst. av utgiftene til RFA. Totalt utgjer dette om lag 15 mill. kroner, inklusive post 01.
Fylkeskommunane samarbeider i dag med partane i arbeidslivet lokalt om dimensjonering av skoletilbod, etablering av lærlingplassar, yrkesrettleiing, entreprenørskap i opplæringa og generelt utviklingsarbeid. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for utvikling på dette området.
Organiseringa av partssamarbeidet varierer frå land til land, frå etablerte råd og utval, til berre høringspartar. Ingen andre land Noreg kan samanlikne seg med, unntatt Island, gir statleg finansiering til slikt samarbeid.
Fagopplæring i arbeidslivet byggjer på eit samarbeid mellom arbeidstakarorganisasjonane, arbeidsgivarorganisasjonane og utdanningsstyresmaktene. Etter Regjeringa sitt syn har alle grupperingane stor interesse av å utvikle ei kvalitativt god fagopplæring og like stort ansvar for at så skjer, også økonomisk.
På bakgrunn av ønsket om klårare roller og ansvarsforhold i tillegg til budsjettmessige høve, ønskjer Regjeringa å leggje ned dei nasjonale opplæringsråda og RFA. Regjeringa vil fremje ein ot.prp. med forslag om nødvendige endringar i opplæringslova som følgje av at RFA og opplæringsråda blir avvikla.
Regjeringa ønskjer framleis eit nært samarbeid med partane i arbeidslivet og vil leggje til rette for kontaktmøter, deltaking i arbeidsgrupper og prosjekter, høringar etc. Partane vil bli inviterte til ein dialog om korleis dette best kan bli gjennomført.
Post 72 Tilskott til internasjonale utdanningsprogram
Løyvinga omfattar m.a. kontingent til norsk deltaking i internasjonale organisasjonar, program og aktivitetar. Posten kan òg nyttast til andre internasjonale prosjekt som departementet tek del i.
Etter EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU-program og aktivitetar på området utdanning og opplæring, mellom anna:
SOKRATES, jf. kap. 281 post 73
LEONARDO DA VINCI - EU sitt handlingsprogram for yrkes- og profesjonsutdanning på alle nivå
EUROPASS - ei ordning som er knytt til LEONARDO-programmet som gir dokumentasjon av praksis i utlandet som del av yrkesutdanninga og er eit nytt tiltak for å fremme mobilitet innanfor yrkesopplæring mellom land i Europa
aktivitetar som er underlagde CEDEFOP - EU sitt utviklings- og informasjonssenter for yrkesopplæring
Målsetjing
Målsetjinga er å styrkje den internasjonale orienteringa i fagmiljø som gir yrkes- og profesjonsutdanning, stimulere til meir utplassering og fremme mobilitet og utveksling av lærlingar, unge arbeidstakarar med fleire, betre dokumentasjon av og betre kvalitet i opphalda og utvikle ny kunnskap.
Rapport for 2002-03
Den norske deltakinga i LEONARDO DA VINCI har vore god i 2003. Ho har stimulert til internasjonal aktivitet mellom eit breitt spekter av yrkesopplæringsmiljø og til betre kunnskap i framandspråk. I 2002-03 fekk fem prosjekt med norsk koordinator om lag 16 mill. kroner i støtte under LEONARDO DA VINCI-programmet. Noreg tek òg del i prosjekta til andre land.
Noreg mottok i tillegg om lag 8 mill. kroner frå EU-kommisjonen til utplasserings- og utvekslingsprosjekt. Meir enn 560 personar (unge som tek grunnleggjande utdanning, unge arbeidstakarar, instruktørar, planleggjarar og administratorar) fekk støtte til opphald frå to veker til tolv månader.
Sidan Noreg ble med i EUROPASS og i CEDEFOP 1. januar 2001, har det vorte skrive ut totalt 572 Europass, av desse 285 i 2003.
Budsjettforslag for 2004
Den økonomiske ramma for programma blir vedteke av dei styrande organa i EU. Som følgje av auken i talet på medlemmer i EU frå 2003 til 2004 og svekka kronekurs er løyvingsforslaget for 2004 noko høgare enn i 2003.
Post 73 Tilskott til studieopphald i utlandet
Målsetjinga med tilskottet er å leggje til rette for at norsk ungdom kan få skolegang og studieopphald i utlandet. Dette skal gi dei betre kunnskapar om kultur og språk i andre land, og auka forståing for deira eigen og andres identitet. Ordninga blir administrert av fylkesmannen sitt utdanningskontor i Vest-Agder og omfattar:
United World Colleges (UWC)
franske lycé: eitt- og treårig tilbod, samt toårige franske hotellfagskolar
Trollmidlar: legg til rette for korte studieopphald i Frankrike
tyske stipend
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 74 Tilskott til Røde Kors Nordisk United World College
Tilskottet har medverka til at Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) i Fjaler kan gi eit tilbod om International Baccalaureate-eksamen (IB-eksamen). Skoleåret 2002-03 gjekk det 198 elevar frå 85 land ved skolen.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er tilskottet foreslått avvikla frå hausten 2004.
Kap. 224 Fellestiltak i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 112 518 | 115 123 | 115 568 |
61 | Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga | 96 802 | 100 384 | 103 897 |
62 | Tilskott til seniortiltak i grunnskolen | 43 000 | ||
63 | Tilskott til seniortiltak i vidaregåande opplæring | 42 000 | ||
64 | Tilskott til opplæring i finsk | 7 700 | 7 341 | 8 259 |
68 | Det samiske utdanningsområdet , kan overførast | 32 915 | 35 712 | 36 962 |
70 | Tilskott | 7 949 | 8 259 | 8 556 |
Sum kap. 224 | 342 884 | 266 819 | 273 242 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 01 er nedjustert med kr 255 000 som følgje av avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga gjeld avgangsprøva i grunnskolen og sentralt gitte prøver i vidaregåande opplæring. Løyvinga dekker og utgifter til Skolefilmutvalet.
Resultatrapport for 2002-03
Det er i perioden:
utarbeidd sentrale prøver og sentralt prøvemateriell med vurderingsrettleiingar og skolert fagnemnder
gjennomført sentral sensur og klagehandsaming og skolering av sensorar
gjennomført informasjonstiltak overfor fylkesmennene, kommunar og fylkeskommunar
gjennomført arbeid med utvikling av og forsøk med nye dokumentasjons- og vurderingsformer og alternative vurderingsuttrykk
utvikla støttemateriell for lokalt vurderingsarbeid inklusive karakter- og læringsstøttande prøver
gjennomført analysar av læringsresultat på systemnivå inklusive utarbeiding av statistikkar
Resultatmål i 2004
Departementet vil i 2004 fortsette arbeidet frå 2003.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003. Prøveavgifta for privatistar som melder opp seg til eksamen, og kandidatar som melder seg opp til fag- og/eller sveineprøve etter opplæringslova § 3-5, blir foreslått ført vidare, jf. forslag til vedtak IV nr. 1.
Post 61 Tilskott til opplæring innanfor kriminalomsorga
Målsetjing
Målet med tilskottsordninga er å gi undervisning på grunnskolenivå til innsette og frigitte som ikkje har fullført grunnskolen, og vidaregåande opplæring til dei som har rett til og ønskjer det. På grunn av at mange har kort soningstid, eller sit i varetekt, er formalkompetansegivande kurs i høve til læreplanar ofte ikkje eit reelt tilbod. For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, og for at slike fangegrupper skal ha eit reelt opplæringstilbod, er det også eit mål å gi kurs som ikkje er formelt kompetansegivande.
Rapport for 2002
Det er etablert fleire elevplassar i dei siste åra, frå 810 i 1996 til 928 elevplassar i 2002. Auken siste året er på 49 elevplassar. Det blir gitt opplæring i 34 av 42 anstaltar i Noreg, og det er etablert oppfølgingsklassar ti stader i landet.
Ei forskingsbasert evaluering av fengselsundervisninga, finansiert over kap. 226 post 21, vart avslutta hausten 2003. Ei førebels oppsummering av evalueringa viser at fengselsundervisninga blir sett på som positiv av dei innsette, og det er stor semje om at dei hadde utbytte av opplæringa. Evalueringa peikar også på at fengselsundervisninga bør utvidast med fleire fagtilbod og bli meir fleksibel, det bør bli betre samarbeid og integrering mellom arbeidsdrifta og skolen i fengsla, oppfølgingsarbeidet etter avslutta soning må styrkjast og frigang til skole må takast i bruk i større grad. Vidare blir det i evalueringa peika på at straffegjennomføringa blir oppfatta som overordna alle andre tiltak, noko som hindrar ei god utnytting av ressursane og vanskeleggjer ei systematisk, integrert og strukturert opplæring for dei innsette.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 62 Tilskott til seniortiltak i grunnskolen og post 63 Tilskott til seniortiltak i vidaregåande opplæring
Seniortiltaka inneber at leseplikta for lærarar som er 58 år og eldre, er redusert med til saman 6 pst. Tilskotta til seniortiltak vart innlemma i rammetilskottet frå 1. januar 2003. På bakgrunn av nye tal frå Statens Tjenestemannsregister per 1. oktober 2002 er meirkostnadene knytte til desse tiltaka berekna til om lag 103 mill. kroner for 2003. Midlane er lagde inn i inntektssystemet på grunnlag av utrekningar for den einskilde kommunen.
Post 64 Tilskott til opplæring i finsk
Målet med tilskottet er å medverke til at kommunar i Troms og Finnmark gir grunnskoleelevane med kvensk-finsk bakgrunn opplæring i finsk som andrespråk i samsvar med dei rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova, og å medverke til å styrkje lærarane sin kompetanse i finsk. Formålet med tilskottet er òg å stimulere fylkeskommunen til å gi ekstra opplæring i finsk i vidaregåande opplæring.
Skoleåret 2002-03 fekk om lag 1 000 elevar i grunnskolen opplæring i finsk, noko som er på same nivå som i skoleåret 2001-02. Det er gitt to studieheimlar for å studere finsk i 2003.
I vidaregåande opplæring vart det våren 2003 gitt opplæring i finsk til 31 elevar, samanlikna med 30 elevar våren 2002.
Budsjettforslaget for 2004 dekkjer tilskott for skoleåret 2003-04. Det er lagt til grunn ein sats på kr 265 per undervisningstime i grunnskolen og kr 317 per time i vidaregåande opplæring.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 68 Det samiske utdanningsområdet, kan overførast
Målet med tilskottsordninga er å styrkje den økonomiske evna i kommunane til å gi opplæring i og på samisk, i samsvar med dei rettane som går fram av § 6-2 i opplæringslova. Tilskottet går òg til å styrkje kompetansen til lærarane i samisk språk og kultur. Formålet med tilskottet er likeleis å stimulere fylkeskommunen til å gi ekstra opplæring i samisk i vidaregåande opplæring.
Omfanget av opplæringa i og på samisk i grunnskolen har auka med 4 pst. sidan skoleåret 2001-02. I 2002-03 har opplæringa i samisk språk og kultur auka mykje, særskilt i dei sørsamiske og lulesamiske områda. Talet på studieheimlar har vore om lag på same nivå i dei siste åra. Våren 2003 fekk totalt 232 elevar opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, mot 209 våren 2002. Dei fleste av desse fekk opplæringa i fylkeskommunale skolar.
Budsjettforslaget for 2004 dekkjer tilskott for skoleåret 2003-04. Det er lagt til grunn ein sats på kr 265 per undervisningstime i grunnskolen og kr 317 per time i vidaregåande opplæring.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 70 Tilskott
Målsetjinga med tilskottsordninga er å fremme tiltak i regi av offentlege og frivillige organisasjonar som på ulike måtar medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa i tråd med strategiar og tiltak slik dei er formulerte i programkategorien og i kap. 226.
I 2003 takas det sikte på å gi tilskott til Norsk kulturskoleråd, Det norske hageselskap, Landslaget for udelte og fådelte skolar (LUFS), Noregs Mållag, Kristent pedagogisk forbund, Dissimilis, Rådet for folkemusikk og folkedans, Den norske bibelbussen, Stiftelsen Arkivet, International Baccalaureat, diverse konkurransar innan realfag, skoleval, Norsk handverksutvikling og stipendiatordning ved Norsk handverksutvikling.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 395 238 | 381 818 | 430 934 |
Sum kap. 226 | 395 238 | 381 818 | 430 934 |
Resultatrapport for 2002-03
Det vises til St.prp. nr. 66 (2002-2003) Kommuneproposisjonen for detaljert rapportering, kap. 22.12.14, vedlegg 5.
Utvikling av læreplanar og elev- og lærlingvurdering
I perioden 2001-02 er Læreplan for kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) for grunnskolen revidert, og «KRL-boka» med rettleiing til læreplanen og informasjon til foreldre er utarbeidd. Vidare er Læreplan for morsmål for språklege minoritetar for 1.-7. klasse og tilval morsmål fordjuping fastsette og tekne i bruk i perioden 2000-02. Nye læreplanar i vidaregåande opplæring er utarbeidde, i hovudsak knytte til opplæring i bedrift for dei nye studieretningane sal og service og medium og kommunikasjon.
Arbeidet med å kartleggje lesedugleik til elevane er ført vidare og vidareutvikla. Arbeidet med utvikling av kartleggingsprøvar for samiske elevar er ført vidare, og tilsvarande utarbeiding er sluttført for døve elevar. Datainnsamlinga frå nasjonale utval i prosjektet «Obligatorisk utprøving av kartlegging av lesedugleik i 2. og 7. klasse, 2000-2004» er gjennomført for begge klassetrinn. Resultata vart lagde fram våren 2003.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Den store satsinga «Kvalitetsutvikling i grunnskolen 2000-2003» er avslutta. I denne perioden er kommunane tildelte øyremerkte midlar for å styrkje satsinga på kvalitetsutvikling innanfor fire hovudområde:
elevane i arbeid med fag og på tvers av fag
elevane sitt læringsmiljø
fleksibel organisering og tilrettelegging
elev-, lærar- og leiarrolla
Samtidig tok ein vare på dei fire perspektiva tilpassa opplæring, IKT, entreprenørskap og likestilling. Satsinga på kvalitetsutvikling blir evaluert.
Fylkeskommunane har tilsvarande fått midlar for å gjennomføre «Differensieringsprosjektet i vidaregåande opplæring». 2003 var avslutningsåret også for denne satsinga. Evalueringsrapportar har vore utarbeidde undervegs i prosjektet.
For å oppmuntre til innsats i arbeidet med å heve kvaliteten i opplæringa tok departementet hausten 2002 initiativ til etablering av ei ordning med bonus- og demonstrasjonsskolar. Frå 2003 er ordninga utvida til også å omfatte demonstrasjonsbedrifter. Det er i 2003 utnemnt 20 demonstrasjonsskolar, ti demonstrasjonsbedrifter og 91 bonusskolar. Til saman har no 42 skolar status som demonstrasjonsskole. Bonusskolar er skolar som gjennomfører systematisk utviklingsarbeid eller forsøk for å fremme elevane sitt læringsutbytte og å utvikle eit godt læringsmiljø. Demonstrasjonsskolar er skolar som har utmerkt seg ved pedagogisk nytenking på desse områda, og som på minst eit område kan kallast utmerkte. Dei skal arbeide aktivt for å dele erfaringane sine med andre, og ei førebels oversikt viser at desse skolane har mange besøk frå andre skolar. Første halvår 2003 hadde demonstrasjonsskolane (frå 2002) 750 besøk.
I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund er det delt ut ein skoleeigarpris hausten 2003.
Det er delt ut stipend for vidareutdanning med opptil 60 studiepoeng i matematikk, norsk med vekt på lesing og skriving, og samisk. 1 001 lærarar har fått stipend, av 2 200 søkjarar. Av dei tildelte stipenda var 280 i norsk, 718 i matematikk og 3 i samisk. Kvart stipend var på inntil 100 000 kroner.
Departementet har utarbeidd strategien «Realfag, naturligvis - strategi for stryking av realfagene 2002-2007». Strategien omfattar stipendordningar til lærarar for å ta vidareutdanning, tildeling av midlar til senterfunksjonar og andre kompetanseutviklingstiltak. Som ledd i realfagsstrategien har departementet gitt støtte til vidareutvikling av vitensenter.
Departementet har utarbeidd strategien «Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdigheter 2003-2007». Strategiplanen er nærmare omtala under avsnittet om resultatmål for 2004.
På initiativ frå departementet er det utvikla kurstilbod retta mot lærarar med liten eller ingen kompetanse i pedagogisk bruk av IKT i opplæringa. Dette kurstilbodet er frå hausten 2002 gitt ved 19 høgskolar og universitet. Om lag 18 000 lærarar har gjennomført eller er i ferd med å gjennomføre slik kompetanseutvikling. Det er også utvikla tilbod om etter- og vidareutdanning i sentrale skolefag som legg vekt på bruk av IKT i opplæringa. Om lag 800 lærarar deltok på slike tilbod i norsk med vekt på lesing og skriving, engelsk og matematikk hausten 2002, jf. kap. 248.
For å setje elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring betre i stand til å gjere bevisste utdanningsval, samstundes som ein utviklar den sosialpedagogiske rådgivingstenesta, vart det gjennomført forsøk gjennom prosjektet «Delt rådgivingstjeneste 2000-2003». Fire fylke deltok, og det er gjennomført nettverkskonferansar om den nye rådgivarrolla og behov for kompetanseutvikling. Det er også etablert ein nettstad for spreiing av erfaringar. SINTEF Teknologiledelse IFIM evaluerer prosjektet. I 2002 vart det lagt fram fire delrapportar frå evalueringa. Førebels resultat viser at det er mangfaldet av tiltak sammen med ein systematisk innsats over tid som er viktig, ikkje enkelttiltaka i seg sjølve. Elevane vurderer høvet til å gjere sine eigne erfaringar med fag og yrke som mest nyttig.
Departementet har sett i verk eit tiltak for å styrkje oppfølgingstenesta og rådgivingstenesta i arbeidet for å forhindre fråfall i vidaregåande opplæring. Det blir særleg fokusert på elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn og elevar med funksjonshemmingar. Det er sett i verk eit pilotprosjekt i dei fire fylka Vest-Agder, Oslo, Sør-Trøndelag og Finnmark. Rådgivingstenesta og Aetat er sentrale samarbeidspartnarar i arbeidet.
Departementet arbeider aktivt for å sikre minoritetsspråklege elevar god og tilpassa grunnopplæring. Som ledd i dette arbeidet er Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen ført vidare, og virketida er forlengd til sommaren 2006. Det er også utvikla eige kartleggingsmateriell i morsmål for minoritetsspråklege elevar, og ein har ført vidare samarbeidet om Nord-Lexin. Vidare er det utarbeidd ei rettleiing for arbeidet med språklege minoritetar i grunnskolen. I samarbeid med FUG er det sett i verk eit prosjekt for å betre samarbeidet mellom foreldre til minoritetsspråklege barn og skolen. Prosjektet blir gjennomført i perioden 2002-04.
Kvalitetsutvikling på det samiske området er i hovudsak ivareteken av Sametinget, jf. eigen omtale i budsjettproposisjonen til Kommunal- og regionaldepartementet.
Det treårige prosjektet «Entreprenørskap på timeplanen» er gjennomført i tre fylke og vart avslutta i 2002. Prosjektet viser at for å lukkast i arbeidet med entreprenørskap i skolen må arbeidet vere forankra i skoleleiinga, og det må utviklast nettverk mellom skolar og mellom skolar og lokalt arbeidsliv. Dessutan er kompetanseutvikling for lærarar viktig. Departementet arrangerte ein internasjonal konferanse om entreprenørskap i utdanninga i samband med Noregs formannskap i Nordisk Ministerråd i 2002.
Som ledd i oppfølginga av Regjeringa sin handlingsplan for menneskerettar vart det gjennomført kartlegging av undervisning om emnet i om lag 300 skolar. Denne viste at medvitet om menneskerettar i norske skolar er høgt. Emnet blir oftast knytt til faga samfunnskunnskap, KRL og norsk, og blir særleg teke opp i høve til rasisme, diskriminering og konflikthandtering. Kartlegginga synte eit stort behov for materiell og kompetanseheving for lærarar.
Dokumentasjon og analyse som grunnlag for resultat- og kvalitetsvurdering
Hovudinnsatsen på dette området har vore knytt til oppfølging og iverksetjing av forskingsbaserte evalueringar og sentrale innsatsområde.
Den nye nasjonale portalen, Skoleporten.no, som skal samle informasjon om grunnopplæringa og vere grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa, har vore under planlegging og utarbeiding i 2003, jf. kategoriomtala.
Den ekstraordinære statlege innsatsen for kvalitetsutvikling i norsk grunnskole når det gjeld å betre vilkåra for læring og utvikling, og arbeidet med å fornye kompetansen og opplæringspraksisen på skolane, er vorte evaluert. Arbeidet blir avslutta med ein rapport våren 2004.
Lærings- og oppvekstmiljø og verdiar i skolen
Med utgangspunkt i Sem-erklæringa sette Læringssenteret i 2002 i gang det treårige prosjektet «Verdier i skolehverdagen», som fokuserer på verdiformidling og verdimedvit i skolar og lærebedrifter. Kristent Pedagogisk Forbund har fått støtte til verdiprosjektet «Skal-skal ikke», som er eit viktig supplement til dette arbeidet, blant anna fordi prosjektet har ein lokal profil der også barnehagane er med.
Opplæringslova § 9a er endra for å betre arbeidsmiljøet for elevane og for å tydeleggjere dei vaksne si plikt til å gripe inn mot mobbing, diskriminering, vald eller rasisme. Gjennom endringane har elevar og foreldre fått større innverknad på skolen sitt lærings- og oppvekstmiljø. Departementet har utarbeidd ein rettleiar for arbeidet med det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet for elevane. Dei nye reglane tredde i kraft 1. april 2003. Innsatsen mot mobbing er ført vidare i samarbeid med manifestpartane.
Departementet har lagt vekt på å tilby kommunar og fylkeskommunar gode program og tiltak. Alle landets kommunar vil i løpet av hausten 2003 ha fått tilbod om å ta i bruk Olweus-gruppa sitt tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd. Etter skolestart 2003 tok 381 skolar del i programmet, mens 184 skolar deltok i Zero, Senter for adferdsforsking sitt program. I tillegg er fleire andre tiltak og program støtta eller anbefalt.
Alle kommunar og fylkeskommunar har fått tilbod om å innføre skolemekling som eit verktøy i arbeidet for eit godt læringsmiljø. Det er gjennomført skolemeklingsprosjekt både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Prosjektet i grunnskolen vart avslutta som satsingsområde i 2001, mens prosjektet i vidaregåande opplæring vart avslutta hausten 2002. Sjølv om prosjektperiodane er over, held arbeidet fram ved mange skolar.
Departementet har medverka til at det er utvikla samarbeid mellom skole- og kultursektor på alle forvaltningsnivå. I tillegg har departementet samarbeid med andre departement om utvikling og iverksetting av tiltak i ulike handlings- og strategiplanar.
Internasjonalt arbeid
Ei evaluering av dei europeiske programma Sokrates og Leonardo da Vinci i Noreg understrekar at desse mobilitetsprogramma har hatt positiv effekt på kvaliteten i grunnopplæringa og medverka til kultur- og haldningsendring når det gjeld internasjonalt samarbeid i norsk utdanning. Men det finst regional ulikskap i skolane si deltaking, og deltakarane nyttar i svært liten grad andre framandspråk enn engelsk som hovudspråk i prosjekta. Evalueringa peikar òg på at ein treng betre integrering av internasjonalt samarbeid i den nasjonale utdanningspolitikken.
Det vart inngått ein avtale med Tyskland den 2. juli 2003 om utveksling innanfor fagopplæringa, administrert av Teknologisk Institutt. Midlane går mellom anna til dekning av utgifter for lærarar/instruktørar og lærlingar. Arbeidet med betre tilrettelegging for internasjonalisering i norske skolar blei ført vidare gjennom vidareutvikling av ei nettbasert handbok for internasjonalisering i grunnopplæringa.
Likestilling
Ferdigstilt undervisningsmateriell om likestilling og kjønn i skolen ligg føre hausten 2003. Prosjektet skal aktualisere spørsmål knytte til likestilling og kjønn for barn og unge, samt gi lærarane enkle verktøy for å fokusere på desse spørsmåla i norsk, samfunnsfag og KRL. Prosjektet «Operasjon Minerva - jenter og matematikk» er følgt opp, jf. kap. 248.
Andre oppgåver
Departementet planlegg våren 2004 å leggje fram ei melding til Stortinget om innhald og struktur i heile grunnopplæringa. Meldinga vil i stor grad vere basert på innstillinga frå Kvalitetsutvalet og Evaluering av Reform 97. Dette er eit reformarbeid som krev ekstra ressursar i departementet, og løyvinga over kap. 226 finansierer stillingar i departementet i samband med dette arbeidet.
Resultatmål for 2004
Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med omorganisering av den statlege utdanningsadministrasjonen, jamfør nærmare omtale under programkategori 07.10 Administrasjon. Denne omorganiseringa kan ha konsekvensar for disponeringa av løyvinga. Regjeringa vil komme tilbake til dette i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Utvikling av læreplanar
Kvalitetsutvalet har lagt fram forslag om ein ny læreplanstruktur for grunnopplæringa, og om at læreplanane blir reviderte i samsvar med denne. Forslaget blir følgt opp i ei stortingsmelding våren 2004, og læreplanarbeidet kan starte i 2004.
Nasjonalt system for kvalitetsvurdering som grunnlag for kvalitetsutvikling
Stortinget har i Innst. S. nr. 12 (2002-2003) slutta seg til at det blir oppretta eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering. Det blir etablert ein nettstad, «Skoleporten.no», med lett tilgjengeleg informasjon, og det blir utvikla nasjonale prøvar for å kartleggje elevane sin grunnleggjande kompetanse i lesing, skriving, matematikk og engelsk.
Skoleporten.no skal takast i bruk i løpet av våren 2004. Dette skal vere ein nettstad som samlar informasjon om skolen, og som legg til rette for vurdering av tilstanden i grunnopplæringa ved å kartleggje læringsutbytte, læringsmiljø, gjennomstrøyming og ressursar. Denne kunnskapen skal gi grunnlag for iverksetjing av tiltak for forbetring i skolesektoren. Nettstaden skal gi hjelp og rettleiing til tiltaka ved å ha relevante rapportar, artiklar og undersøkingar lett tilgjengeleg. Mellom anna på den måten blir det samspel mellom kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. Skoleporten.no skal også medverke til spreiing av erfaring mellom skolane.
Både lærarar, skoleeigarar og regionale og nasjonale styresmakter skal kunne bruke portalen som reiskap i arbeidet sitt for kvalitetsutvikling. I tillegg skal foreldre og elevar kunne bruke portalen som utgangspunkt for dialogen sin med skolane og med skoleeigar.
Det blir innført nasjonale prøvar i lesing, skriving, matematikk og engelsk. I samråd med fagmiljøa er det avgjort at dei nasjonale prøvane blir haldne på slutten av 4., 7. og 10. klassetrinn og på grunnkurs i vidaregåande opplæring.
Nasjonale prøvar i lesing, matematikk og engelsk vil vere klare til gjennomføring på fire trinn våren 2004. Prøvene for skriving vil liggje føre i 2005. Prøvane i lesing og matematikk på 4. og 10. klassetrinn og i engelsk på 10.klassetrinn blir gjorde obligatoriske våren 2004.
Dei nasjonale prøvane vil:
vere ein viktig pedagogisk reiskap og eit hjelpemiddel i læring og undervisning
gi informasjon til elevar, lærarar, skolen, skoleeigar, nasjonale styresmakter og allmugen som grunnlag for dialog og kvalitetsutvikling
vere eit viktig verktøy i kvalitetsvurdering, fordi dei gir høve til å kartleggje utvikling hos elevar over tid
vere betre eigna som indikatorar på kvalitet enn dei tradisjonelle eksamensoppgåvene.
Dei nasjonale prøvane skal ikkje berre kartleggje elevane sin dugleik og kunnskap, men også deira evne til å bruke kunnskap og dugleik i nye samanhengar, etter mønster frå dei internasjonale undersøkingane PISA og PIRLS. Dei nasjonale prøvane skal også kartleggje elevane sine læringsstrategiar, motivasjon og oppleving av meistring i dei aktuelle faga.
Noreg vil også halde fram med å delta i internasjonale komparative undersøkingar, og føre vidare deltakinga i internasjonalt samarbeid om utvikling av indikatorar. I samarbeid med Noregs forskningsråd vil departementet medverke til utviklinga av programmet Kunnskap, utdanning, læring (KUL).
Utviklinga av Elevinspektørane og Lærlingeinspektørane skal halde fram.
Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid
Satsinga på kvalitetsutvikling i grunnskolen og differensieringsprosjektet i vidaregåande opplæring har gitt næring til heving av kvaliteten på mange område i heile grunnopplæringa. Ei viktig oppgåve i det vidare arbeidet med kvalitetsutvikling blir derfor å ta vare på og spreie dei positive erfaringane frå desse prosjekta. Det blir fordelt 100 mill. kroner til kommunar og fylkeskommunar for mellom anna å føre dette arbeidet vidare. På grunnlag av dokumenterte lokale behov for etter- og vidareutdanning nedfelt i lokale kompetanseutviklingsplanar utarbeidd av skoleeigar, og dei nasjonale satsingane innanfor strategiplanar og basisfag, blir kommunane tilført midlar. Midlane kan også nyttast til å styrke lærarane sin kompetanse i tilpassa opplæring og i utvikling av eit godt læringsmiljø, og til å støtte utvikling av lærarane sin kompetanse til pedagogisk bruk av IKT. I vidaregåande opplæring gir midlane høve til å byggje vidare på erfaringar frå differensieringsprosjektet.
Ordninga med demonstrasjonsskolar vil bli ført vidare.
Ved fastsetjing av kriteria vil det bli vurdert å inkludere følgjande område:
arbeid med fysisk aktivitet og kost i skolen
samarbeid med kulturskolar
arbeid med tilrettelegging for læringsutbytte og læringsmiljø for minoritetsspråklege elevar
arbeid med tilrettelegging for funksjonshemma elevar
Ordninga med demonstrasjonsbedrifter var ny i 2003, og vil bli ført vidare med tanke på ei evaluering neste år. Departementet vil peike ut inntil ti nye demonstrasjonsbedrifter for perioden 2004-06.
Ordninga med stipend i matematikk, norsk og samisk som vart innført i 2002, blir fullført.
Strategien for styrking av realfaga 2002-07, «Realfag naturligvis», skal følgjast opp. Skoleeigar skal bli stimulert til å legje til rette for kompetanseutvikling for lærarar i realfaga. Det blir tildelt midlar til senterfunksjon for naturfag til Universitetet i Oslo og til senterfunksjon for matematikk til NTNU. Det skal også delast ut midlar til vitensentra.
Strategien for stimulering av leselyst og leseevne 2003-07, «Gi rom for lesing», blir også ført vidare. Prosjektet «Puggandplay» ved Høgskolen i Hedmark får støtte, det same gjer Senter for leseopplæring ved Senter for leseforsking i Stavanger. Innanfor rammene av «Gi rom for lesing» blir det også lagt opp til kompetanseutvikling i bruk av litteratur og skolebibliotek
Strategi for betre læring og større deltaking av språklege minoritetar i skole og utdanning 2003-08, «Likeverdig utdanning for alle!», er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire departement. Planen legg opp til ei rekkje tiltak for å styrkje opplæringa for minoritetsspråklege elevar. Høgskolen i Oslo vil få tildelt midlar for å ivareta ein senterfunksjon i denne satsinga. Det blir også innført ei stipendordning for å gi minoritetsspråklege lærarar formell kompetanse for undervisning i skolen.
Entreprenørskap er ein del av Regjeringa sin handlingsplan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Departementet utarbeider no ein strategiplan for entreprenørskap i utdanninga som vil omhandle alle utdanningsnivå. Tiltak knytte til planen vil bli sette i verk i 2004.
Som eit tiltak for å fremme fag- og yrkesopplæringa støttar departementet organisasjonen Yrkes-OL Norge og eit søkjarprosjekt i Rogaland fylkeskommune for å vurdere Noreg som arrangørland av Yrkes-OL i 2009.
Arbeidet med oppfølging av St.meld. nr. 6 (2002-2003) Tiltaksplan mot fattigdom vil halde fram. Oppfølgingstenesta blir tildelt midlar også i 2004 for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring. Erfaringar frå eit pilotprosjekt i fire fylke skal spreiast til heile landet.
Tildeling av pris til skoleeigar blir ført vidare.
Kvalitetsutvikling på det samiske området blir ført vidare og teken vare på av Sametinget.
Arbeidet med rettleiing av nyutdanna lærarar blir ført vidare i samarbeid med lærarutdanningsinstitusjonane.
Det er framleis behov for å utvikle kompetansen innanfor pedagogisk bruk av IKT vidare jf. kap. 248 for nærmare omtale av satsinga på IKT.
Departementet vil styrkje undervisninga om menneskerettslege emne i grunnopplæringa gjennom tiltak for kompetanseheving for lærarar og gjennom å bidra til utvikling av hjelpemiddel for undervisninga.
Lærings- og oppvekstmiljø og verdiar i skolen
Arbeidet med lærings- og oppvekstmiljø skal førast vidare, jf. «Plan for oppvekst og læringsmiljø 2002-2006» med fokus på å førebyggje og hindre problemåtferd og mobbing i skolen og på å føre vidare arbeidet med verdiar. Verdiprosjekta «Verdier i skolehverdagen» og «Skal-skal ikke» skal førast vidare, og det blir utvikla rettleiingsmateriale om verdiar i skolen og vaksenrolla. Manifest mot mobbing blir følgt opp i samarbeid med manifestpartane, og det skal bli gjennomført ei forskingsbasert evaluering av arbeidet. Programma mot mobbing blir ført vidare. Arbeidet med den kulturelle skolesekken held fram.
Prosjektet «Mat og fysisk aktivitet i skolen» blir lansert i samarbeid med Helsedepartementet. Formålet er å prøve ut tiltak som stimulerer elevane si interesse for fysisk aktivitet og sunt kosthald, og spreie erfaringane vidare til andre skolar. I tillegg vil departementet føre vidare det interdepartementale samarbeidet om gjennomføring av ulike handlings- og strategiplanar.
Departementet ønskjer å prøve ut ulike modellar for å nytte frivillige eldre menn, til dømes pensjonistar, som ressurspersonar i grunnskolen. Desse skal komme som eit tillegg og ikkje som ei erstatning for dei menneskelege ressursane som allereie finst. I Sverige er det gjort gode erfaringar med dette. Tiltaket må sjåast i relasjon til at det er stort overskott av kvinnelege vaksenpersonar i grunnskolen, og at det derfor er ønskjeleg med fleire menn som elevane kan forhalde seg til. Det vil bli sett i gang eit pilotprosjekt i nokre kommunar i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund.
Arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom heim og skole vil halde fram og utviklast vidare, mellom anna ved å vidareutvikle nettstaden «foreldrenettet.no».
Internasjonalt arbeid
Deltaking i internasjonalt arbeid skal førast vidare gjennom deltaking i samarbeid om kvalitetsutvikling av innhald, organisering og vurdering av opplæringa. Departementet skal følgje opp avtalen med Tyskland om gjensidig utveksling innanfor fagopplæringa i arbeidslivet, og føre vidare arbeidet med å leggje til rette for internasjonal utveksling og mobilitet innanfor vidaregåande opplæring. Departementet skal også arbeide for å styrkje integreringa av slikt samarbeid i den nasjonale utdanningspolitikken. Arbeidet med betre tilrettelegging for internasjonalisering i norske skolar på nordisk, europeisk og globalt nivå held fram med vidareutvikling av ei nettbasert handbok for internasjonalisering i grunnopplæringa og utnytting av ressursane i UNESCO sitt internasjonale skolenettverk. Departementet skal også følgje opp Regjeringa si Europapolitiske plattform overfor skoleverket gjennom samarbeidstiltak med universitets- og høgskolesektoren om kompetanseutvikling for lærarar.
Likestilling
Arbeidet med likestilling skal følgjast opp som nedfelt i Policynotat om likestilling for Utdannings- og forskningsdepartementet 2002-2004. Departementet skal medverke til at rådgivingstenesta i skolen kan fremme medvitne val av utdanning og yrke uavhengig av kjønn. Prosjektet «Operasjon Minerva - jenter og matematikk» skal følgjast opp, jf. kap. 248. I arbeidet med oppfølging av realfagsstrategien blir det også lagt vekt på likestillingsperspektivet. Nettstaden «menniskolen.no» skal utviklast vidare som eit ledd i arbeidet med å rekruttere fleire menn til lærarutdanning og arbeid i skolen.
Budsjettforslag for 2004
Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga på 50 mill. kroner til kvalitetsutvikling. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 100 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Kap. 232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 104 838 | 103 824 | 84 955 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 811 | 3 873 | 3 950 |
Sum kap. 232 | 108 649 | 107 697 | 88 905 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 og kap. 3232 post 02 er parallelt nedjusterte med 1 mill. kroner i samband med at Statens trafikklærarskole frå 1. januar 2004 blir overført til Høgskolen i Nord-Trøndelag, som er nettobudsjettert.
Post 01 er nedjustert med 3,9 mill. kroner som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift og med 0,2 mill. kroner som følgje av avvikling av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet omfattar driftsløyving til:
Samisk vidaregåande skole, Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea
Statens dykkarskole
lønn etter rettsvilkårsavtalen og ventelønn for personale ved nedlagde statlege skolar
Resultatrapport for 2002
Statens trafikklærarskole
Skolen hadde i skoleåret 2002-03 70 elevar i ordinær trafikklærarutdanning mot 67 året før. Vidare var det 168 som deltok på ulike kurs, mot 103 året før. Frå 1. august 2002 har det vore krav om generell studiekompetanse for å bli teken opp til denne utdanninga. I samsvar med utviklingsplanane for skolen, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003), er trafikklærarutdanninga frå hausten 2003 lagt om til toårig utdanning på høgskolenivå, med Høgskolen i Nord-Trøndelag som fagleg ansvarleg. Vidare er det i samråd med høgskolen etablert ei kurs- og utviklingsavdeling i tilbygg til trafikklærarskolen sine lokale i Stjørdal. I samsvar med resultat av behandling i styra for dei to skolane har departementet bestemt å overføre trafikklærarutdanninga til høgskolen frå 1. januar 2004.
Statens samiske vidaregåande skolar
I skoleåret 2002-03 hadde Samisk vidaregåande skole i Karasjok 110 elevar mot 107 året før. Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino hadde 100 elevar mot 81 året før. I tillegg kjem deltakarar på kurs, 68 ved Karasjok og 15 ved Kautokeino.
I arbeidet med oppfølging av evalueringa av samisk vidaregåande opplæring under Reform 94 sette departementet hausten 2001 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere tilknytingsforma for dei to samiske vidaregåande skolane. Arbeidsgruppa (Kvalvik-utvalet) la i august 2002 fram sin rapport og tilrådde at Sametinget bør få ansvaret for drift og innhald i dei to vidaregåande skolane. Rapporten har vore på høring. Etter søknad har Sametinget fått utsett fristen med å gi høringsfråsegn til utgangen av 2003. Sametinget ønskjer å sjå saka i samanheng med si eiga utgreiing «Prinsipper og retningslinjer for videregående opplæring for den samiske befolkningen», som er på høring med frist 3. oktober 2003. Dei høringsfråsegnene som departementet har fått til Kvalvik-utvalet si utgreiing, tilrår anten at dei statlege samiske vidaregåande skolane blir knytte til Sametinget, lagde til fylkeskommunen eller held fram som nå. Departementet vil vurdere den framtidige organiseringa når det ligg føre fråsegn frå Sametinget.
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole
Skolen hadde i skoleåret 2002-03 65 elevar som tok vidaregåande opplæring, og i alt 39 som gjennomførte ulike bransjeretta kurs. I samråd med departementet sette skolen våren 2002 i gang eit omstillingsprosjekt med sikte på å redusere den vidaregåande opplæringa og styrkje den bransjeretta kursverksemda. Styret har lagt fram planar for vidareføring av omstillingsarbeidet, m.a. om utvikling av eit fagskoletilbod.
Statens dykkarskole
I 2002 omfatta verksemda ved Statens dykkarskole grunnkurs, inspeksjonskurs, kurs for anleggsdykkarar, redningsdykkarkurs og ulike kortare kurs. Kurs for klokkedykkarar vart ikkje halde i 2002. Det var oppgang i kursaktiviteten i 2002. Skolen merka auka interesse for kurs i redningsdykking og anleggsdykking, og særleg var det interesse for eit nytt kurs for offshorepersonell. Talet på elevdagar var 3 575 mot 3 106 året før. Kursomfanget for ti kurs utgjorde 318 kursdøgn mot 277 for ni kurs i 2001. Det var 94 kursdeltakarar i 2002, mens det var 79 året før.
Staten nytta i 2002 sin opsjon i leigekontrakten om å overta den eigedommen som dykkarskolen har nytta sidan 1990. Statsbygg har frå 1. januar 2003 stått som eigar, og skolen betaler leige på vanleg måte etter reglane i husleigeordninga.
Ei arbeidsgruppe med privat og statleg deltaking som vart nedsett i 2002, la i mars 2003 fram ein rapport med tilråding om at det vert oppretta eit nytt senter for dykkekompetanse ved at utdanningsverksemda ved dykkarskolen og den hyperbare redningsberedskapen ved Norsk Undervanns Intervensjon (NUI) blir slåtte saman og organiserte som aksjeselskap. I samarbeid med Statoil og Hydro har departementet sett i gang eit prosjekt som skal vurdere ulike modellar for samordning.
Resultatmål for 2004
Statens trafikklærarskole
Når Høgskolen i Nord-Trøndelag frå 1. januar 2004 overtek verksemda ved Statens trafikklærarskole, vil vidareutvikling av den nasjonale trafikklærarutdanninga med tilhørande kursverksemd og utviklingsarbeid frå same tid falle inn under universitets- og høgskolelova med tilhørande instruks- og regelverk. Departementet føreset at styret for høgskolen vurderer og tek hand om vidareføring av dei faglege utviklingsplanane som er i gang for trafikklærarutdanninga.
Statens samiske vidaregåande skolar
I tillegg til å gi vidaregåande opplæring for samisk ungdom skal skolane i 2004 vidareutvikle tilbodet sitt om fjernundervisning i samisk språk og kultur og kurs- og utviklingsarbeid retta mot regional næringsutvikling og samisk kultur. I samråd med utdanningsavdelingane til Sametinget og Fylkesmannen i Finnmark skal skolane også ta del i arbeidet med å styrkje vaksenopplæringstilbodet for den samiske befolkninga.
Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea
Omstillingsarbeidet ved skolen skal halde fram i 2004 med sikte på at skolen skal bli eit kurs- og kompetansesenter med vekt på bransjeretta utviklingsarbeid knytt til eit større fagmiljø. Det skal utarbeidast planar for eit fagskoletilbud med sikte på første opptak hausten 2004. Den ordinære vidaregåande opplæringa skal gradvis avviklast, men skolen skal framleis leggje til rette for fleksible ordningar for kompetanseutvikling etter søkjar- og bransjebehov.
Statens dykkarskole
Statens dykkarskole skal i 2004 gjennomføre kurs etter det same opplegget som tidlegare år, når det gjeld både grunnutdanning og spesialkurs. Skolen skal utarbeide planar for eit fagskoletilbud med sikte på første opptak hausten 2004. Departementet vil sjå nærmare på den framtidige organisering av dykkarskolen.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 blir foreslått redusert med 14,4 mill. kroner i samband med at Statens trafikklærarskole blir overført til Høgskolen i Nord-Trøndelag frå 1. januar 2004. Kap. 274 post 50 er auka tilsvarande.
Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3232 postane 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyvinga på post 45 blir ført vidare på same nivå som i 2003 og skal gå til innkjøp av nødvendig utstyr til skolane.
Kap. 3232 Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
02 | Salsinntekter o.a. | 6 549 | 5 412 | 4 566 |
15 | Refusjon arbeidmarknadstiltak | 248 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar | 39 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 599 | ||
61 | Refusjon frå fylkeskommunar | 403 | 769 | 796 |
Sum kap. 3232 | 8 838 | 6 181 | 5 362 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 02 og kap. 232 post 01 er parallelt nedjusterte med 1 mill. kroner i samband med at Statens trafikklærarskole frå 1. januar 2004 blir overført til Høgskolen i Nord-Trøndelag, som er nettobudsjettert.
Post 02 gjeld inntekter frå kurs ved skolane.
Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved Statens gartnar- og blomsterdekoratørskole Vea.
Programkategori 07.40 Andre tiltak i utdanninga
Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03-04 |
0240 | Frittståande skolar o.a. | 1 303 999 | 1 778 133 | 1 880 394 | 5,8 |
0243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243) | 873 003 | 833 377 | 677 807 | -18,7 |
0248 | Særskilde IKT-tiltak i utdanninga | 228 865 | 164 226 | 124 853 | -24,0 |
0249 | Andre tiltak i utdanninga | 55 560 | 56 646 | 25 343 | -55,3 |
Sum kategori 07.40 | 2 461 427 | 2 832 382 | 2 708 397 | -4,4 |
Budsjettforslaget for kategori 07.40 utgjer 2 708,4 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 124 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003. Ein reduksjon på om lag 150,4 mill. kroner skriv seg frå tekniske endringar, jf. omtale under det einskilde kapitlet.
Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03-04 |
3243 | Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243) | 97 402 | 45 289 | 46 918 | 3,6 |
Sum kategori 07.40 | 97 402 | 45 289 | 46 918 | 3,6 |
Budsjettforslaget for kategori 07.40 utgjer 46,9 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003.
Kap. 240 Frittståande skolar o.a.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskott , overslagsløyving | 1 303 530 | 1 777 646 | 1 879 889 |
75 | Tilskott til organisasjonar | 469 | 487 | 505 |
Sum kap. 240 | 1 303 999 | 1 778 133 | 1 880 394 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 70 er oppjustert med 12,432 mill. kroner, som er overførte frå kap. 249 post 75 Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas.
Post 70 er oppjustert med kr 650 000 som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 70 er nedjustert med 14,7 mill. kroner som følgje av innføring av generell meirverdiavgift, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet dekkjer tilskott til:
frittståande grunnskolar i Noreg og utlandet
frittståande vidaregåande skolar i Noreg og utlandet
elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar og vidaregåande skolar i Noreg eller utlandet
organisasjonar for frittståande skolar
Post 70 Tilskott, overslagsløyving
Målsetjing
Målet med tilskottet er å medverke til drift av godkjende frittståande skolar.
Rapport for 2002-03
Tabellen under viser korleis elevtalet og talet på frittståande skolar har endra seg frå skoleåret 2000-01 til skoleåret 2002-03.
Fordeling av elevar i frittståande skolar med rett til tilskott
Skoletype | Skolar 2000-01 | Skolar 2001-021 | Skolar 2002-031 | Elevar 2000-01 | Elevar 2001-02 | Elevar 2002-03 |
---|---|---|---|---|---|---|
Skolar for funksjonshemma | 10 | 10 | 10 | 400 | 435 | 458 |
Vidaregåande skolar uten paralleller i offentlege skolar | 55 | 53 | 53 | 2 639 | 3 014 | 3 050 |
Vidaregåande skolar med paralleller i offentlege skolar | 57 | 59 | 60 | 7 958 | 8 097 | 8 191 |
Grunnskolar i Noreg | 90 | 96 | 103 | 9 845 | 10 500 | 11 164 |
Grunnskolar i utlandet | 20 | 20 | 20 | 818 | 881 | 881 |
Vidaregåande skolar i utlandet | 3 | 3 | 4 | 105 | 107 | 110 |
Sum | 235 | 241 | 250 | 21 765 | 23 034 | 23 854 |
1 Skolar som er i drift
Skoleåret 2002-03 gjekk 1,8 pst. av grunnskoleelevane i frittståande skolar. Det har vore ein svak, men jamn auke i talet på elevar som går i frittståande skolar. Skoleåret 1990-91 utgjorde talet til samanlikning 1,3 pst., med andre ord har det vore ein auke på 0,5 prosentpoeng på 12 år.
Budsjettforslag for 2004
Satsane for tilskott til dei frittståande skolane er i hovudsak baserte på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen, jf. friskolelova. Satsane for 2004 er rekna ut på grunnlag av kommunal ressursbruk til skole som er rapportert gjennom KOSTRA for 2002. Satsane for 2004 er deretter justerte for den faktiske pris- og lønnsauken frå 2002 til 2003, samt for ei venta pris- og lønnsauke frå 2003 til 2004.
I tillegg er det tatt omsyn til at pensjonsinnskottet til Statens pensjonskasse er høgare enn det som ligg til i KOSTRA-tala frå 2002.
Det er og tatt omsyn til at Regjeringa fremmer forslag til ny lov om generell kompensasjon for meirverdiavgift for kommunesektoren frå 1. januar 2004, jf. Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004. Dette fører til at kommunar og fylkeskommunar blir kompensert for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester til bruk i verksemda. Det er viktig å unngå at ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift fører til ny konkurransevriding i disfavør av private produsentar. Derfor foreslår Regjeringa at også private produsentar av blant anna undervisningstenester som kommunane og fylkeskommunane er pålagde ansvaret for ved lov, blir omfatta av ordninga. Statstilskottet til dei frittståande skolane vil bli redusert tilsvarande den meirverdiavgifta det er berekna at dei får kompensasjon for. Det samla omfanget av ordninga er usikkert, og reduksjonen i statstilskottet vil bli vurdert på nytt når det ligg føre ei oversikt over dei samla kompensasjonsutbetalingane for 2004.
I forslaget til løyving er det og tatt omsyn til at den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta vil bli avvikla frå 1. januar 2004. Offentleg sektor blir kompensert gjennom justerte rammeoverføringar. Frittståande skolar som blir berørt av endringa vil bli kompensert gjennom auka satsar.
Ein oversikt over satsane til dei frittståande skolane ligg på departementet si nettside på Odin under «grunnopplæringen/tilskuddsordninger». På denne internettsida ligg det også informasjon om korleis satsane til frittståande skolar er utrekna.
Skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma blir alle driftsutgiftene dekte ved statstilskot etter ein normalsats åper elev per skoleår.
Frittståande grunnskolar
Som grunnlag for utrekninga av satsar til frittståande grunnskolar er det nytta korrigerte brutto driftsutgifter til skolesektoren per kommune henta frå KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for utgifter som er rapporterte i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet. Dette er utgifter til skoleskyss, spesialundervisning, særskilt norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Avskrivingar og salsinntekter er også trekte frå tilskottsgrunnlaget. Det er utarbeidd ein modell der tilskottssatsen er avhengig av storleiken på den frittståande skolen. Små skolar får eit høgare tilskott per elev enn store skolar.
På bakgrunn av forslaget i Ot.prp. nr. 80 (2002-2003) blei det i Besl. O. nr. 128 (2002-2003) vedteke at det ved utrekning av tilskottet til frittståande grunnskolar skal takast omsyn til skilnaden mellom utgiftene i den kommunen skolen ligg i og utgiftene på landsbasis. Dette skjer ved at tilskottsmodellen i dag blir ført vidare, men at det blir introdusert eit tilleggselement. Dette tilleggselementet fangar opp skilnaden i kostnader mellom kommunen skolen ligg i og kostnadene på landsbasis, og gjer tilskottsgrunnlaget kommunespesifikt. Denne kostnadsskilnaden blir uttrykt i form av eit forholdstal.
Endringane i tilskottet til kvar skole i den nye tilskottsordninga skal liggje innanfor ei maksimal ramme på +/- 7 pst. i høve til det tilskottet skolen får med ordninga i dag. Det blir og innført ei overgangsordning på tre år. Endringane for dei frittståande skolane vil tre i kraft frå hausten 2004 og vil i 2004 være på maks +/- 2,3 pst.
Tilskott blir gitt med 85 pst. av satsen. Frittståande grunnskolar skal, i følgje friskolelova, ha dekket 100 pst. pensjonsutgifter. Dette blir ivareteke ved å auke satsgrunnlaget.
Departementet vil revidere forskriftene på området slik at elevtalet per 1. oktober kvart år kan bli lagt til grunn ved utrekning av tilskott. Dette vil tidlegast skje skoleåret 2004-05.
Grunnskolar i utlandet
Norske grunnskolar i utlandet får statstilskot med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under opplæringslova.
Skolane får i hovudsak tilskott etter same metode for utrekning som for frittståande grunnskolar i Noreg. Noreg har samarbeidsavtale med Sverige og Finland om dekning av utgifter for barn som får opplæring i skolar i utlandet som er drivne av dei andre landa.
Frittståande vidaregåande skolar med paralleller i den offentlege skolen
Satsane for tilskott i 2004 blir fastsette på grunnlag av gjennomsnittleg utgift per elev på dei ulike studieretningane i offentleg skole. Dette blir rapportert i KOSTRA. Grunnlaget er vidare korrigert for salsinntekter og avskrivingar av bygg samt for utgifter som er rapportert i KOSTRA, men som ikkje skal gå inn i grunnlaget for utrekninga av tilskottet. Dette er dei øyremerkte tilskotta til landslinjer, opplæring innanfor kriminalomsorga og ekstra språkopplæring for språklege minoritetar. Dei frittståande skolane får 85 pst. av satsgrunnlaget.
I Budsjett-innst. S nr. 12 (2002-2003) heiter det «Flertallet anslår merkostnadene for en egen musikksats til å være 2,5 mill. kroner i forhold til Regjeringens forslag. Flertallet viser til budsjettavtalen der avtalepartene bevilger 2,5 mill. kroner ekstra til Kongshaug Musikkgymnas. Flertallet ber om at dette videreføres i senere budsjetter på samme nivå.» Kongshaug Musikkgymnas vil i 2004 få 2,5 mill. kroner i tilskott i tillegg til det ordinære tilskottet skolen mottar per elev.
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) heiter det at «Flertallet mener at toppidrettsgymnasene representerer verdifulle tilbud innenfor videregående opplæring, og mener at det er viktig at Regjeringen arbeider videre med sikte på å få etablert en egen normalsats for toppidrettstilbudene.» Norges toppidrettsgymnas og Wang Handelsskole har eit tilbod om toppidrett ut over læreplanane for idrettsfag og har fått eit særskilt toppidrettstilskott over kap. 249 post 75 i tillegg til det ordinære tilskottet. Dette tilskottet blir overført til kap. 240 post 70 i 2004 og det blir etablert ein eigen sats for toppidrett. Det er maksimalt 810 elevar som kan motta eit slikt toppidrettstilskott.
Vidaregåande opplæring i utlandet
Frittståande vidaregåande skolar i utlandet får statstilskott med 85 pst. av ein normalsats per elev.
Andre frittståande skolar
Satsane til vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket er, med unntak av Musikk Instrument Akademiet og Norsk Yrkesdykkerskole, knytte til tre av satsane for vidaregåande skolar med parallellar til offentlege skolar. Dei tre satsane er allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag og musikk, dans og drama. Vidaregåande skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket får 75 pst. av tilskotssatsane.
Frå 1999 har skolar som har hatt under 20 elevar under satsen for bibelstudium og satsen for studietilbod utover vidaregåande opplæringsnivå fått tilskott for 20 elevar, såkalla minimumstilskott. Skolar under satsen for reklameutdanning og satsen for kunst-, medie- og musikkutdanning med færre enn 15 elever har fått tilskott for 15 elevar. Nokre skolar har også fått dobbelt minimumstilskott. Skolar som fell inn under denne ordninga har ein langt gunstigare utrekning av tilskott enn frittståande skolar med parallellar i offentlege skolar. For å oppnå ei meir lik handsaming opphøyrer ordninga med minimumstilskott frå hausten 2004. På bakgrunn av prognosar på elevtal frå skolane for hausten 2003 vil 6 skolar bli påverka av omlegginga av ordninga. For desse skolane vil det opprettast ei overgangsordning.
Skolar som over ein periode på tre år har hatt eit gjennomsnittleg elevtall på mindre enn ti elevar har mista tilskottet. Denne regelen blir endra frå hausten 2004 til at skolar som har under sju elevar i løpet av eit skoleår ikkje vil motta statstilskott. Godkjenninga av skolen blir likevel ikkje dregen inn. Skolen kan derfor på nytt få rett til tilskott dersom skolen seinare har fleire enn sju elevar.
Norges Byggskole, Sørlandets Maritime Sjøaspirantskole og Rogaland Maritime vidaregåande skole har eit eige tilskottsgrunnlag som kvart år blir prisjustert. Departementet vil arbeide med å utforme ei ordning for desse tre skolane i tråd med Innst. O. nr. 80 (2002-2003).
Tilskott til kompletterande undervisning og til delvis dekning av skolepengar
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar, kan få tilskott til kompletterande undervisning i norsk, kunnskap om det norske samfunnet og kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Dette tilskottet kan i visse tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar. Statstilskott blir gitt med 85 pst. av satsen som gjeld for frittståande skolar i Noreg.
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar, og som har rett til støtte frå Statens lånekasse for utdanning, kan få tilskott til delvis dekning av utgifter til skolepengar. Same tilskottet kan i somme tilfelle også bli gitt til EØS-borgarar.
Korreksjonsordninga
I samband med ny friskolelov og ny friskolefinansiering, jf. Innst. O. nr. 80 (2002-2003) og Innst. O. nr. 127 (2002-2003), har Regjeringa vurdert korreksjonsordninga i inntektssystemet for elevar i statlege og frittståande skolar, jf. omtale i budsjettproposisjonen for Kommunal- og regionaldepartementet.
Post 75 Tilskott til organisasjonar
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at friskoleorganisasjonane kan utføre samordningsoppgåver for frittståande skolar, mellom anna hjelpe skolar som søkjer om godkjenning etter friskolelova.
I 2003 fekk dei fem friskoleorganisasjonane tildelt tilskott ut frå at dei til saman hadde 201 godkjende skolar/einingar. Løyvinga blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter , kan nyttast under post 21 | 661 158 | 656 029 | 627 880 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 72 673 | 39 901 | 41 337 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 5 961 | 6 481 | 6 611 |
49 | Kjøp av fast eigedom | 1 488 | ||
60 | Tilskott til kommunar og fylkeskommunar , kan overførast | 129 364 | 129 056 | |
75 | Til disposisjon for departementet | 2 359 | 1 910 | 1 979 |
Sum kap. 243 | 873 003 | 833 377 | 677 807 |
I høve til 2003 er det gjort desse tekniske endringane:
Post 01 er nedjustert med 5,9 mill. kroner i samband med at midler til PP-tenesta blir innlemma i rammetilskottet til kommunar og fylkeskommunar frå 1. januar 2004.
Kap. 243 post 60 blir innlemma i rammetilskottet til kommunar og fylkeskommunar frå 1. januar 2004. Midlane på posten er overførte til kap. 571 post 60 og 70.
Post 01 er nedjustert med kr 1 381 000 i samband med avviklinga av el-avgifta for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet finansierer m.a.:
Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) med dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra, dei andre institusjonane som Statped kjøper tenester frå, og opplæring og kompetansesenterfunksjonar ved seks sosiale og medisinske institusjonar med landsdekkjande oppgåver
forsking og utvikling innanfor tema tilpassa opplæring og spesialundervisning
ulike andre spesialpedagogiske tiltak som læremiddelutvikling og produksjon, nasjonalt opplæringsprogram i teiknspråk for foreldre, internasjonalt samarbeid m.m.
kompetansesystem for særskilde grupper funksjonshemma (samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet): Nasjonal kompetansesenter for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi, Autismenettverket og Statleg kompetansesystem for døvblinde.
Ansvaret for å gi elevane tilpassa opplæring ligg hos kommunar og fylkeskommunar. Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har som mål å gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane lokalt, slik at kvaliteten på tilbodet for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov blir best mogleg. Innsatsen frå Statped omfattar både individretta og systemretta tiltak.
Med utgangspunkt i Innst. S. nr. 260 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003) vil Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei nærmare konkretisering av forslaget om ei fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004), jf. omtale under kategori 07.10.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
Resultatrapport for 2002-03
Statped har arbeidd i tråd med dei sentrale føringane for verksemda. I samsvar med måla har det skjedd utvikling på fleire område:
Nasjonalt spesialpedagogisk støttesystem er meir heilskapleg, og tenestene har betre kvalitet.
Tenesteproduksjonen er meir direkte brukarretta, og tenesteytinga og ressursutnytting er betre.
Meir brukarmedverknad både i høve til rettleiingstenestene og i skoleavdelingane for hørselshemma.
Samarbeidet med høgskolar og universitet om vidareutvikling og spreiing av spesialpedagogisk kompetanse er styrkt.
Samarbeidet med Læringssenteret om utvikling og produksjon av spesialpedagogiske læremiddel og spreiing av kunnskap på det spesialpedagogiske fagfeltet er ført vidare.
Arbeidet med opplæring i teiknspråk til foreldre er ført vidare.
Heilårs opplæringstilbod til hørselshemma teiknspråkbrukarar og deltidsopplæring til teiknspråklege elevar som ønskjer det, er utvikla kvalitativt.
Det er utvikla opplæringstilbod til barn og unge med cochleaimplantat.
Arbeidet med eit felles nasjonalt kompetansesystem for døvblindfødde og døvblindblitte er utvikla vidare.
Modellforsøket for oppfølging av døvblitte og sterkt tunghørtblitte er utvikla vidare.
Deltaking i internasjonalt arbeid.
Det har vore arbeidd for at ein stadig større del av ressursane til driftseiningane skal gå til direkte fagleg bistand på individ- og systemnivå til kommunar og fylkeskommunar. Den faglege tenesteprofilen til einingane har vorte tydelegare. Statped har fått ein meir samordna informasjonspolitikk, og det er bygd opp eit velfungerande elektronisk informasjons- og kommunikasjonsnett.
Det nasjonale kompetanseutviklingsprogrammet Samtak, som vart sett i gang for å auke kompetansen til PP-tenesta og skoleleiinga, vart avslutta i desember 2002. Læringssenteret har hatt det overordna ansvaret, og Senter for åtferdsforsking har vore fagleg koordinerande instans. Mange av einingane i Statped har vore aktive i utviklinga av og som bidragsytar til Samtak. Rogalandsforskning har gjennomført ei evaluering av Samtak-programmet. Læringssenteret si vurdering er at nye modellar for samhandling mellom PP-tenesta og skole har ført til meir systemretta arbeid. Likevel bør det systemretta arbeidet utviklast vidare i samanheng med satsing på å auke den spesialpedagogiske kompetansen lokalt.
Resultatmål for 2004
Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet skal i 2004 føre vidare det arbeidet som har vore gjort i 2003.
Dei individretta tilboda frå støttesystemet må prioritere brukarar med dei største og mest samansette vanskane, der det ikkje er rimeleg å vente at lokalsamfunnet skal ha kompetanse. Individretta arbeid bør danne utgangspunktet for systemretta innsats.
Støttesystemet må utvikle eit nærmare samarbeid med helse- og sosialsektoren og på tvers av fagområde for at brukarane skal få eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod. Statped skal også medverke til at det blir utforma ein individuell plan for brukarar som treng langvarige og omfattande tenester frå fleire instansar.
Arbeidet med å støtte kommunar som har hørselshemma elevar med cochlea-implantat, må prioriterast slik at desse elevane kan få eit godt tilpassa opplæringstilbod i heimeskolen. Samtidig må deltidstilboda til hørselshemma elevar som får opplæring i heimeskolen, bli utvikla vidare og tilpassa dei ulike behova desse elevane har.
Autismenettverket, Nasjonalt kompetansesenter for ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi, og det internasjonale samarbeidet skal halde fram.
Læringssenteret vil på bakgrunn av erfaringane frå Samtak og i samarbeid med Statped, fylkesmennene og universitets- og høgskolesektoren, arbeide vidare med utvikling av gode modellar for inkludering og tilpassa opplæring. Innsatsen vil rettast mot PP-tenesta og skolen. Det vil bli lagt vekt på kompetanseheving og spreiing av erfaringar mellom anna gjennom elektronisk nettverk. Arbeidet må sjåast i samanheng med anna arbeid med kvalitetsutvikling, jf. kap. 226.
Læringssenteret skal utarbeide ein handlingsplan for det vidare arbeidet med PP-tenesta, med utgangspunkt i den strategiske planen som er utarbeidd. Den vidare utviklinga av tenesta vil bli sett i samanheng med oppfølginga av innstillinga til Kvalitetsutvalet (NOU 2003: 16).
Helsedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider vidare med spørsmål knytte til ansvar for logopediske tenester for personar med språk- og talevanskar.
Budsjettforslag for 2004
Forslaget til løyving på post 01 skal i hovudsak dekkje lønns- og driftsutgifter ved kompetansesentra og kjøp av tenester ved einingar som er eigde av andre enn staten, tyngdepunkta i Nordnorsk spesialpedagogisk nettverk (NSN), samt ved sosiale og medisinske institusjonar. Frå 2002 til 2003 blei det overført om lag 20 mill. kroner på denne posten. I lys av dette er posten redusert med om lag samme beløp i 2004. Løyvinga gir høve til å føre vidare aktivitetsnivået frå 2003 på dei fleste område, men dei økonomiske rammene krev at styret nøye prioriterer disponeringa av midlane.
Som ei oppfølging av St.meld. nr. 40 (2002-2003) vil departementet løyve 1,5 mill. kroner til utarbeiding av lydbøker for elevar med lese- og skrivevanskar, blinde og synshemma i DAISY-format.
Post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3243 postane 02, 11 og 60, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 gjeld midlar til lønn og drift til oppdrag av ulik art ved sentra. Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Forslaget på post 45 gjeld midlar til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald.
Post 60 Tilskott til kommunar og fylkeskommunar
I 1998 vedtok Stortinget å innføre eit tidsavgrensa øyremerkt tilskott til kommunar og fylkeskommunar for å styrkje PP-tenesta tilsvarande 300 fagårsverk.
Læringssenteret har i 2003 fått utarbeidd ein rapport om tilstanden i PP-tenesta i Noreg. Tilsvarande rapportar har vore presenterte i 1994 og 1996. Det har vore ein klar auke i talet på fagpersonar i PP-tenesta, frå om lag 1 400 i 1996 til 1 850 heile stillingar i 2002. Mesteparten av auken kom etter at det vart overført midlar tilsvarande 300 stillingar frå Statleg spesialpedagogisk støttesystem. I gjennomsnitt er det i dag om lag 640 barn og unge per fagstilling.
Tilskottet blir innlemma i rammetilskottet til kommunesektoren frå 1. januar 2004. Midlane er overførte til kap. 571 og kap. 572 på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet, og vil i 2004 i hovudsak bli fordelte til dei kommunane og fylkeskommunar som i 2003 har arbeidsgivaransvaret for dei 300 årsverka som blei oppretta for å styrkje PP-tenesta.
Post 75 Til disposisjon for departementet
Tilskottsordninga skal fremme ny kunnskap på det spesialpedagogiske området. Tilskott blir i hovudsak gitt organisasjonar for funksjonshemma og medlemsorganisasjonane i Sentralt brukerforum. Storleiken på tilskottet blir fastsett etter skjønn ut frå omfang og formål. Tilskottsmottakarane sender rekneskap og prosjektrapport om bruken av midlane. Det er m.a. oppretta eigen nettstad for Sentralt brukerforum.
Løyvinga blir foreslått ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 3243 Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 243)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 70 039 | 39 734 | 41 164 |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 146 | 2 962 | 3 069 |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning | 2 282 | 1 900 | 1 968 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 644 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 3 436 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 6 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 16 791 | ||
60 | Betaling frå kommunar og fylkeskommunar | 133 | 693 | 717 |
90 | Salg av obligasjoner | 925 | ||
Sum kap. 3243 | 97 402 | 45 289 | 46 918 |
Post 01 gjeld oppdrag som kompetansesentra utfører for kommunar, fylkeskommunar og andre.
Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale og inntekter frå hjelpemiddeltilpassing.
Post 11 gjeld kursavgifter, sal av kursmateriell til kurs, sal frå kantine og opphaldsutgifter i samband med kurs.
Post 60 gjeld betaling frå kommunar og fylkeskommunar for tenester som ikkje fell inn under post 01.
Kap. 248 Særskilde IKT-tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast, kan nyttast under post 70 | 204 165 | 161 218 | 121 845 |
70 | Tilskott til IKT-tiltak , kan nyttast under post 21 | 24 700 | 3 008 | 3 008 |
Sum kap. 248 | 228 865 | 164 226 | 124 853 |
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Hovudmålet for IKT i utdanninga har i dei fire siste åra vore knytt til «Handlingsplanen IKT i norsk utdanning. Plan for 1999-2003». Tiltaka i planen dreier seg i hovudsak om å ta i bruk og nytte dei moglegheitene som informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) gir i undervisning og læring, såleis at kompetansebehova til den einskilde og samfunnet blir tekne i vare. IKT skal medverke til betre former for livslang læring, vurdering, organisering, samarbeid, elev- og lærarroller. Ei sentral utfordring er derfor å integrere IKT i utdanninga slik at utdanningssøkjande opplever auka motivasjon og læringsutbytte, og at IKT gir moglegheiter til å utforske nye sider ved faga. IKT kan medverke til betre former for læring tilpassa behovet til den einskilde. Aktørane i sektoren må utvikle seg organisatorisk slik at dei kan nytte IKT optimalt i utdanninga. Mål, resultat og erfaringar knytte til handlingsplanen blir nærmare omtala nedanfor. Tiltak som gjeld IKT i norsk utdanning, blir òg omtala under kategoriane 07.20, 07.50, 07.60 og 07.70.
Kapitlet finansierer også prosjektretta stillingar i departementet som er knytte til oppfølging av prosjekt, planar og tiltak under budsjettkapitlet.
Resultatrapport for 2002-03
Det har i 2002-03 vore ei brei satsing på ei rekkje område gjennom tiltak i Handlingsplanen. For å styrkje kunnskapsgrunnlaget frå Handlingsplanen er det i 2003 satsa på kunnskapsdanning, læring og formidling. Ein har gjennom fleire år testa ut verkemiddel og modellar innanfor IKT og utdanning, og det ligg no føre resultat og røynsle som treng spreiing til utdanningssektoren. Dei viktigaste innsatsområda er knytte til kompetanseutvikling for lærarar, IKT i lærarutdanninga, forsking og utvikling, IKT-forsøk i skolar, nettinnhald og digitale læremiddel, infrastruktur som t.d. breiband og internasjonalt samarbeid. Eigne årsplanar for både 2002 og 2003 konkretiserer mål og tiltak for dei einskilde innsatsområda.
Utviklinga har vore positiv på fleire hald, og resultat og røynsle kan summerast opp slik:
Tilbodssida for etterutdanning har vore styrkt, og om lag 18 000 lærarar er i gang med eller har avslutta etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT.
Tilgangen på både datamaskinar og Internett i skolen er i jamn betring.
Breibandsdekninga er i betring. Målet om marknadstilbod på breiband til vidaregåande skolar i 2003 vil delvis vere nådd. Meir enn 500 grunnskolar og vidaregåande skolar har fått stønad til breiband gjennom programmet HØYKOM-Skole, som starta hausten 2002.
Evaluering av satsinga på IKT i lærarutdanninga viser at tiltaket er med på å reformere lærarutdanninga for å møte eit meir digitalisert samfunn. Alle lærarstudentar får no opplæring i bruk av IKT i skolen gjennom studiet.
Satsinga på utvikling av digitale læringsressursar har ført til eit breitt tilfang av digitale læremidlar. Desse er eit tillegg til læreboka og skal verke stimulerande på læringa.
Det er gjennomført ein analyse av «Skolenettet.no» som viser at det er bygd opp ei stor mengd digitalt innhald av god kvalitet, men at informasjonsstrukturen og navigasjonen kan bli meir brukarvennleg.
Stadig fleire skolar nyttar IKT aktivt i undervisning, læring og vurdering. Bruken av digitale mapper og IKT-retta vurderingsformer er nyskapande arbeid som no utviklast vidare.
Resultat og røynsle tyder på ei positiv kopling mellom IKT og læringsutbytte. Aksjonsforskinga i PILOT-prosjektet stør oppunder dette, og det same gjer internasjonele studiar (jf. http://www.becta.org.uk/page_documents/research/ImpaCT_strand1_report.pdf).
Pedagogisk retta IKT-forsøk i ei rekkje skolar rundt omkring i landet tyder på at IKT kan vere ein katalysator for anna utviklingsarbeid.
Gjennom FoU og forsøk innanfor IKT og læring er det bygd opp eit viktig kunnskapsgrunnlag som vert formidla breitt i utdanningssektoren slik at til dømes nye skolar kan utnytte dei positive erfaringane. Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga (ITU) er evaluert, og resultata er positive.
Hausten 2003 blir det gjennomført fleire regionale og lokale seminar og konferansar i samarbeid med ulike aktørar i sektoren med vekt på resultatformidling og framtidig satsing.
Departementet lanserte våren 2003 ein nasjonal nettportal for utdanninga. Portalen (http://utdanning.no) er eit sentralt tiltak i arbeidet med å heve kvaliteten i utdanningssystemet, og skal vere ein stad der alle innanfor utdanningssystemet kan finne interessant, nyttig og relevant informasjon. Gjennom utdanning.no skal ein til dømes finne informasjon om studietilbod, opptak til høgre utdanning og fagleg informasjon som nyttast i opplæringa på alle nivå. Den første fasen i arbeidet med portalen var retta mot høgre utdanning. I september 2003 vart den andre fasen av portalen lansert retta mot grunnopplæringa. Innhaldet er utvida, t.d. er etter- og vidareutdanningstilbod og ein stor database med digitale læringsressursar lagd inn i portalen. Utdanningsportalen skal m.a. medverke til å standardisere og kvalitetssikre digitalt innhald og gjere det lettare for brukarane å finne informasjon på nettet.
Digitale læringsressursar, nettinnhald og læringsformer
Innan utgangen av 2003 vil det i regi av Læringssenteret vere utvikla i alt 30 digitale læringsressursar på prioriterte fagområde som m.a. matematikk, naturfag, norsk, samfunnslære, engelsk, rasisme og etnisk diskriminering. Det er fleire samarbeidsprosjekt mellom private og offentlege aktørar som forlag, private IT-bedriftar, universitets- og høgskolemiljø og skolar. Avtalar med ti partnarskapsskolar om utprøving av digitalt innhald er inngått. Arbeidet med informasjon til skolesektoren er styrkt, og interessa for digitalt innhald synest å ha auka, men det er framleis eit uforløyst potensial på dette området. Ei rekkje opplegg for undervisning knytte til IKT er gjorde tilgjengelege på Skolenettet, jf. http://www.skolenettet.no. Ein gratis multimediebase som inneheld lyd, bilete, animasjonar og video, er utvikla. Innhaldet er klarert med omsyn til opphavsrettar. Arbeidet med etikk og jus på Internett er ført vidare, m.a. gjennom ei ressursside på Skolenettet om etisk bruk av Internett. Fleire lærarutdanningsmiljø tek òg del i testing, analyse og utvikling av IKT-verktøy og nettressursar i ymse skolefag. Det er t.d. laga gratis digitale læremidlar i realfag som brukast av om lag 6 000 elevar i ungdomsskolen og i vidaregåande opplæring, jf. http://viten.no.
For elevar med særskilde behov blir nyare språkteknologi (taletenester m.m.) prøvd ut, mellom anna i utviklinga av læremiddel og i tilbod om opplæring.
Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) har fått i oppdrag å medverke til at funksjonshemma studentar får fleksible og tilpassa studietilbod. Dei har fått prosjektmidlar i 2003 for fordeling til universell tilrettelegging av studietilbod. I alt sju prosjekt fekk i 2002 midlar for slik tilrettelegging.
Forsøk med IKT i den skriftlege avgangsprøva i grunnskolen og i utvalde eksamensfag i vidaregåande opplæring er haldne fram. Samstundes er arbeidet med å utvikle kvaliteten i elev- og lærlingvurderinga, mellom anna ved bruk av IKT, ført vidare, jf. kategori 07.20.
Departementet har gitt stønad til Sametinget for å stimulere bruken av IKT i samisk utdanning, særleg med fokus på utvikling av eit samisk skolenett og digitale læremiddel på samisk.
Kjønn og IKT er eit sentralt satsingsområde for likestillingspolitikken. Både utdanningsinstitusjonar og næringsliv legg i dag auka vekt på deltaking frå jenter innanfor IKT. Departementet arbeider for å auke interessa for bruken av denne teknologien blant jenter i skolen.
Kompetanseutvikling til lærarane
Lærarar og lærarstudentar er sentrale i arbeidet med å ta i bruk IKT og Internett som ein naturleg del av opplæringa. Mange har fått opplæring i bruk av IKT. Hovudutfordringa er framleis å gi dagens og framtidas lærarar høve til å utvikle og vidareutvikle kompetansen sin til å bruke IKT pedagogisk.
Det er lagt til rette for tilbod om etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT for inntil 40 000 lærarar i perioden 2002-04. Kommunane har i dei siste åra fått tilskott til å gjennomføre etter- og vidareutdanning, jf. kategori 07.20. Både offentlege og private aktørar gir tilbod om slik etterutdanning. Om lag 18 000 lærarar er i gang med å fullføre, eller har fullført, etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT. I tillegg er meir enn 5 500 lærarar så langt meldte på til kurs i skoleåret 2003-04. Det nasjonale prosjektet «LærerIKT» står sentralt i denne satsinga, og ein evaluering vil bli lagt fram innan mars 2004.
Satsinga «IKT i lærarutdanninga» vart ført vidare i 2003. Ei ekstern evaluering av satsinga i 2002-03 syner at alle lærarstudentar no får opplæring i bruk av IKT i skolen gjennom studiet. IKT fører også til auka samarbeid mellom lærarutdanninga og øvingsskolane og sterkare praksisretting av utdanninga.
Innanfor satsinga på «IKT i lærarutdanninga» står «PLUTO» (Program for Lærarutdanning, Teknologi og Omstilling) sentralt. PLUTO er ei treårig satsing som avsluttast i 2003 og femner om ti ulike prosjekt ved åtte lærarutdanningsinstitusjonar, jf. kap. 281. IKT skal vere gjennomgåande i heile lærarutdanninga, bli nytta i ulike læringsprosessar og medverke til å skape varierte arbeids- og undervisningsformer. IKT er teke i bruk i ei rad prosjekt for å skape studieopplegg med større fleksibilitet og betre samanhang mellom dei ulike læringsarenaene. Resultat så langt tyder på at IKT har vore ein katalysator for endringar i det pedagogiske opplegget. Mappevurdering er etablert, og ei rekkje organisatoriske endringar har skjedd i kjølvatnet av IKT-satsinga.
Det er òg utvikla nettbaserte vidareutdanningstilbod i sentrale fag som t.d. engelsk og matematikk.
Forsking og utvikling
Det har vore satsa på forsking og utvikling (FoU) om bruk av IKT i fag og opplæring på ulike sett. ITU - Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga - har vore det viktigaste prosjektet innanfor utviklingsarbeid og nyskaping i ei rekkje samanhengar. ITU er inne i den andre prosjektperioden som tek slutt i 2003, og er nyleg evaluert. Evalueringa trekk fram at ITU har ei viktig nettverksrolle og har sett i verk mange framtidsretta forsøksprosjekt som gir eit verdifullt bidrag til kunnskapsdanninga innanfor pedagogisk bruk av IKT. ITU har òg vore ein viktig kunnskapsleverandør til utforming og gjennomføring av heile satsinga på IKT. ITU si uttesting av modellar for auka bruk av IKT er nyskapende. Og gir viktig røynsle for m.a. grunnopplæring og lærarutdanninga.
Det fireårige nasjonale forsøksprosjektet «PILOT» (Prosjektet Innovasjon, Organisering og Teknologi) vert avslutta i si noverande form sommaren 2003. PILOT er knytt til pedagogisk bruk av IKT i grunnskole og vidaregåande opplæring. 120 skolar i ni fylke har teke del i prosjektet. Røynslene tilflyt no fleire skolar og andre fylke, og det har utvikla seg PILOT-nettverk som det er viktig å byggje vidare på. Aksjonsforskinga i PILOT viser no at det er positive samanhengar mellom IKT og læringsutbytte, og at IKT verkar som ein katalysator for andre endringar i skolane.
Frå 2003 er det gitt midlar frå Handlingsplanen til ein eigen modul for IKT i det nye utdanningsforskingsprogrammet KUL ( Kunnskap, utdanning og læring) i Noregs forskingsråd.
FoU-satsinga femner òg om prosjektet «IKT i fleirkulturelle skolar i Oslo». Målet er m.a. å utforske moglegheiter IKT gir i arbeidet på skolar der det er mange elevar med ulik kulturell og språkleg bakgrunn. Prosjektet viser interessante resultat, innanfor mellom anna lese- og skrive opplæring for elevar med innvandrerbakgrunn.
Departementet, Læringssenteret og ITU har vore med på fleire internasjonale prosjekt, mellom anna Second Information Technology in Education Study (SITES), Det Europeiske Skolenettet (EUN), ENIS (European Network of Innovative Schools), eSchola (ein årleg kampanje for erfaringsutveksling og synleggjering av pedagogisk innhald på nett), og Northern eDimension Action Plan (NeDAP).
Infrastruktur
Utviklinga på dette området viser ei forbetring, men ho er òg kostnadskrevjande. Med omsyn til utbygging av breiband er fleire departement og private aktørar med i arbeidet, jf. St.meld. nr. 49 (2002-03) Breiband for kunnskap og vekst.
Breibandsdekkninga for skolane betrast. Ein rapport frå ECON/Teleplan, utarbeidd på oppdrag frå Samfeldselsdepartementet, syner at om lag 92 pst. av dei vidaregåande skolane er tilknytte Internett med breibandsteknologiar. Utan gode infrastrukturløysningar når det gjeld breiband, utstyr og drift, vil den pedagogiske bruken av IKT i skolen gjennomførast seinare enn ønskjeleg. HØYKOM-Skole er departementet si satsing på breiband, og det er her innleidd eit samarbeid med Noregs forskingsråd sitt program HØYKOM. I løpet av hausten 2002 og våren 2003 har til saman 363 skolar fått stønad for tilknyting til breiband, og 142 skolar har fått stønad til prosjekt retta mot innhald og tenester over breiband.
Departementet si vurdering er at det i vidaregåande opplæring er ein god utstyrssituasjon med om lag 3,5 elevar per PC. Dette gir høve til å ta i bruk IKT som ein integrert del av opplæringa og for å kunne nytte IKT-baserte former for vurdering i vidaregåande opplæring. Tilbakemeldingar frå skoler, lærarar og elevar syner at grunnskolen, med om lag ni elevar per PC, framleis har behov for store forbetringar på dette området. Situasjonen er til dømes for dårleg til at skolane godt nok kan nytte digitale læringsressursar i opplæringa, og IKT i vurderingsarbeidet. Både skoleslag treng Internett-tilkopling med langt betre kapasitet enn no. Skal elevar og lærarar utnytte Internett best mogleg, vil det medføre samtidig bruk - noko som krev drastisk auka kapasitet. Mangel på utstyr, stabil og god infrastruktur med tilstrekkeleg Internett-kapasitet gjer at mange skolar framleis ikkje får nytta fullt ut dei pedagogiske og faglege moglegheitene som nyare teknologi gir. Skilnader mellom skolar kan føre til at nokre elevar ikkje får likeverdige tilbod. Dette kan gi negative sosiale skilnader.
Departementet tok under HØYKOM-Skole i 2002 initiativ til ei utgreiing om breiband. Rapporten legg vekt på at det er behov for å auke bandbreidda for alle skolar.
I «Fiberskoleprosjektet» i regi av UNINETT har tre kommunar vore med på å utvikle modellar og retningslinjer for utbygging av breiband i skolar i samarbeid med ein statleg høgskole. Prosjektet har vekt stor interesse, ikkje minst grunna dei resultata prosjektet kan syne fram. Skolane, og andre institusjonar i kommunane, har fått langt betre og billigare tilkopling til Internett enn dei hadde før. Nabokommunar har søkt samarbeid med kommunane i prosjektet for å få til regionale løysingar med breiband til både skoleverket og andre. Røynsle frå prosjekta kjem såleis andre kommunar til nytte. I høgre utdanning har UNINETT arbeidd med eit nytt forskingsnett, jf. kap. 281. Prosjektet «Breiband til distrikta via satellitt» er både ei utprøving av tovegs satellittkommunikasjon og eit forsøk på å sjå pedagogiske moglegheiter med breiband.
Resultatmål for 2004
Satsinga på IKT i utdanninga frå 2003-budsjettet blir ført vidare i 2004-budsjettet. Handlingsplanen for IKT i norsk utdanning 2000-2003 avsluttast og utviklast vidare i ei ny femårig satsing innanfor «Program for digital kompetanse 2004-2008». Programmet markerer ei vidare prioritert satsing på IKT i utdanninga - på alle nivå i utdanningssektoren. Det er naudsynt å utvikle eit kunnskapsgrunnlag knytt til programmet som fokuserer på dokumentasjon, resultat, erfaringsdeling, dialog og læring mellom dei mange aktørane i sektoren. Det må t.d. utviklast gjennom fysiske møteplassar og virtuelt. Ein kan m.a. ta i bruk Utdanning.no på ein interaktiv måte. Programmet skal fokusere på digital kompetanse i utdanninga, på eit motiverande og nyskapande læringsmiljø som gir rom for meir tilpassa læring, og som skal vere ein katalysator for organisasjonsendringar hos aktørane i sektoren. Ei ny satsing skal vere eit ledd i det samla arbeidet med modernisering av norsk utdanning. Program for digital kompetanse skal såleis vere integrert i det overordna kvalitetsarbeidet i utdanningssektoren. Det skal medverke til varierte arbeidsformer, betre motivasjon og auka læringsutbytte.
Visjonen for programmet er at eit innovativt og kvalitetsorientert utdanningssystem må setje digital kompetanse på dagsordenen. Det inneber at alle lærande må kunne utnytte IKT sikkert, fortruleg og kreativt for å utvikle dei kunnskapane dei treng for å kunne vere fullverdige deltakarar i informasjonssamfunnet.
Hovudmåla for programmet er at i 2008 skal:
Digital kompetanse stå sentralt i opplæringa på alle nivå.
Det norske utdanningssystemet vere blant dei fremste i verda i å nytte IKT i undervisning og læring.
IKT vere eit integrert verkemiddel for innovasjon og kvalitetsutvikling i norsk utdanning.
Norske skolar ha infrastruktur av høg kvalitet. Klasserom og andre læringsarenaer skal ha teknisk utstyr og nett-tilknyting med tilstrekkelig bandbreidde. Bruk av IKT i læringsarbeidet skal støttast av sikre og kosteffektive driftsløysingar.
Dette vil ha konsekvensar for breibandsdekninga, for PC-tilgangen, for lærarutdanninga og læreplanar, for pedagogikken, for vurderingsmetodar og for læringsverktøy. På bakgrunn av erfaringane frå tidlegare satsingar, evalueringar og tilbakemeldingar frå sentrale aktørar har departementet komme fram til følgjande strategiske område:
Kompetanseutvikling skal medverke til å gi lærarar så vel som elevar/studentar ein naudsynt kompetanse som set dei i stand til å nytte IKT i utdanning, i arbeidslivet og privat - ei føresetnad for digital kompetanse.
Digitale læringsressursar er ein nødvendige føresetnad for å kunne gi eit tidsmessig innhald i utdanningstilbodet.
Infrastruktur er grunnlaget for å kunne ta i bruk IKT, inkludert digitale læringsressursar, i utdanninga.
Forsking, forsøk og utvikling for å utvikle betre metodar og få naudsynt kunnskap om korleis IKT betre kan nyttast og verkar inn på læring.
Kompetanseutvikling
Hovudutfordringa i dei neste åra er å leggje forholda til rette for at alle utdanningssøkjarar skal kunne oppnå naudsynt digital kompetanse. Digital kompetanse inneber at alle lærande må ha både grunnleggjande IKT-kunne og kritisk og evaluerande kunnskap om korleis IKT kan nyttast. Digital kompetanse må mellom anna komme inn som ein integrert del i ulike læreplanar, fagplanar og liknande på alle nivå i utdanninga. Dette vil bli nærmare vurdert i departementet si oppfølging av innstillinga frå Kvalitetsutvalet.
Regjeringa vil arbeide vidare for at alle elevar skal få tilbod om å utvikle gode IKT-kunnskapar og IKT-dugleik. Å meistre IKT blir derfor noko elevar må utvikle gjennom heile utdanningsløpet i høve til måla i læreplanane. Våren 2004 skal IKT takast i bruk ved avgangsprøva i grunnskolen, og ved nasjonal prøve i engelsk.
Departementet vil framleis prioritere arbeidet med å leggje forholda best mogleg til rette for at lærarane skal kunne utvikle sin kompetanse med høve til å integrere IKT i det pedagogiske arbeidet, med omsyn både til elevane og til skolen som organisasjon, jf. kategori 07.20. Partnarskap mellom lærarutdanning og skolesektor der begge partar kan auke kvaliteten på IKT-bruken i undervisninga, må utviklast vidare. I denne samanhangen blir det særs viktig også å prioritere opplæring av skoleleiarane til å bli gode IKT-leiarar.
Det er viktig å prioritere vidareutdanning i bruk av IKT i dei einskilde faga.
Departementet vil følgje opp arbeidet med utvikling av resultatindikatorar for IKT-kompetansen hos elevane og lærarane, både nasjonalt og internasjonalt.
Vaksenopplæringsinstituttet skal utvikle tilbod om opplæring for vaksne som manglar kjennskap til IKT, og som ønskjer å lære korleis dei kan bruke PC og Internett.
Digitale læringsressursar
Det skal utformast ein samla strategi for digitale læringsressursar. Utfordringa no er først og fremst å auke etterspurnaden og bruken av digitale læringsressursar i opplæringa. Det må stimulerast til utvikling og uttesting som kan gi motivasjon og tryggleik blant brukarane. Det skal leggjast vekt på utvikling av digitale ressursar i fleire fag og på tvers av fag, men det skal også prioriterast tiltak som sørgjer for kvalitetsstempel, standardisering og stimulering av etterspurnad.
Regjeringas satsing på digitalt innhald er ein del av eNorge-samarbeidet. Arbeidet med den nasjonale nettportalen for utdanning, «utdanning.no», held fram, og departementet vil skipe til ein permanent redaksjon gjennom eit samarbied mellom fleire underliggande etatar. Arbeidet med Skolenettet vil òg bli ført vidare.
Nasjonalt Læringsnett vil bli utvikla vidare. Læringsnettet femner om innhald, infrastruktur og standarisering. Målet er å samordne og auke tilbodet av ressursar på nettet slik at elevar, lærarar og andre aktørar innanfor utdanning får eit betre og meir variert læringstilbod. Det er naudsynt å fortsetje innsatsen på standardiseringsområdet for å kunne gjere det enklare å bruke digitalt innhald om att, og for å forenkle samhandling mellom ulike læringsadministrative system. Spørsmål om opphavsrettar må greiast ut vidare for å hindre at desse blir ein flaskehals for utvikling, bruk og gjenbruk av digitalt innhald. Departementet og underliggjande etatar vil syte for at ulike portalar som t.d. Skolenettet, Utdanning.no og Skoleporten.no samla har ein heilskapleg profil. Desse portalane skal òg vere vegvisarar til nettstader med gratis innhald av høg kvalitet.
Tiltak som er retta mot elevar og studentar med særskilde behov, blir førte vidare. Det same gjeld arbeid som er i gang i samband med uønskt innhald på Internett, mellom anna haldningsskapande arbeid i skolen. I tillegg vil Noreg ta del i EU sin handlingsplan for sikker bruk av Internett.
Det blir arbeidd med utvikling av gode forretningsmodellar. Eit eige forum for dette blir etablert hausten 2003.
Infrastruktur
Departementet tok under HØYKOM-Skole i 2002 initiativ til ei utgreiing om skolen sitt behov for brediband fem år fram i tid. Utgreiinga kompletterer mellom anna rapporten frå ECON/Teleplan. Rapporten frå utgreiinga, «Skole for digital kompetanse», gjer reie for framtidige pedagogiske utfordringar for skolen og konkluderer med at det er behov for auka bandbreidde til skolane. For departementet er det naudsynt å sjå dette i samanhang med tilrådingane i stortingsmeldinga om breiband. eNorge-planen vil bli følgd opp på dei aktuelle områda for utdanninga. Breiband og annan infrastruktur er ein føresetnad for å realisere digital kompetanse i norsk skole. Ei slik innsats må skje i samarbeid mellom fleire aktørar i utdanningssektoren. Arbeidet med å utvikle og spreie gode løysingar for infrastruktur og drift må derfor halde fram. Det er naudsynt å styrkje arbeidet med rettleiing og spreiing av røynsle til sektoren. Dette bør skje på grunnlag av verksemda ved UNINETT ABC og andre prosjekt og aktivitetar. Eit nært samarbeid med skoleeigarane, m.a. gjennom Kommunenes Sentralforbund, er ein føresetnad for få dette til.
Departementet vil føre vidare satsinga på HØYKOM-Skole i 2004. Ambisjonen er at satsinga skal gå over fleire år som eit sentralt element i «Program for digital kompetanse». I fortsetjinga vil ein satse på at midlane blir fordelte mellom desse tre innsatsområda: breidband som infrastruktur, breiband og digitalt innhald og FoU som er knytt til breibandsproblematikk. IKT er eit internasjonalt utviklingsområde, og for eit lite land som Noreg er det viktig med samarbeid og internasjonale kontaktar. Ordninga med overføring av brukt utstyr frå næringsliv til skole blir ført vidare.
Forsking, forsøk og utvikling
Kunnskapsbasen om korleis IKT kan betre læringsmiljø og læringskvalitet, har auka. Det vil vere særs viktig å få fram forsking som gi meir kunnskap om effektar av bruk av IKT i opplæringa. Departementet ønskjer å konsolidere satsinga på FoU og vil m.a. gjere ITU til ein permanent organisasjon ved Universitetet i Oslo frå 2004. Det må satsast aktivt på spreiing av kunnskapar, røynsler og resultat frå nasjonale og internasjonale utviklingsprosjekt på området. Ei satsing på FoU om læring og IKT vil innehalde sentrale område som:
Å utvikle vidare ITU (Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga) si rolle som ein nasjonal aktør innanfor innovativ pedagogisk bruk av IKT i opplæringa.
Arbeidet med systematisk og omfattande forsking om korleis IKT kan nyttast i utviklinga av framtidas utdanning, held fram gjennom ein eigen modul for Læring, utdanning og IKT i utdanningsforskingsprogrammet KUL, i regi av Noregs forskingsråd.
Det nye omdanna Læringssenteret får ei viktig rolle som initiativtakar og operatør for forsøk og utviklingstiltak innanfor IKT og læring i grunnopplæringa.
Universitet og høgskolar må utvikle fagmiljø med kompetanse og undervisningsopplegg på området IKT og læring.
Ein vil føre vidare dei gode erfaringane frå innovative skoleprosjekt.
Nye tiltak retta inn mot kjønn og IKT blir vurderte, mellom anna på bakgrunn av undersøkinga om IKT-kompetansen til elevane og lærarane.
Budsjettforslag for 2004
Handlingsplanen for IKT i utdanninga avsluttast i 2003 og avløysast av Program for digital kompetanse. Til dette programmet er det foreslått ei løyving for 2004 på 124,9 mill. kroner (post 21 og 70). Midlane skal nyttast innanfor tiltak i det nye Program for digital kompetanse 2004-2008. Ein foreslår ei fullmakt til å gi tilsegn om å betale ut inntil 25 mill. kroner i samband med avtalar om infrastrukturtiltak og utvikling av digitale læringsressursar, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 70 Tilskott til IKT-tiltak, kan nyttast under post 21
Ramma for ordninga er «IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-2003» med årlege oppfølgingsplanar, sjå omtale under post 21. I 2001 og 2002 er det gitt tilskott til internasjonale prosjekt som SITES og European Schoolnet og ei rad tilbod på nett. Prosjekta er i stor grad knytte til vidaregåande opplæring og grunnskolen og har medverka til å auke tilbodet på nett. Skolane får informasjon om prosjekta gjennom mellom anna Skolenettet.
Løyvinga for 2004 er forslått ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 249 Andre tiltak i utdanninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 2 604 | 2 614 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 14 976 | 16 627 | 3 758 |
61 | Tilskott til Nordland kunst- og filmskole | 2 065 | 2 141 | 2 216 |
62 | Moskvaskolen | 1 000 | 1 037 | 1 073 |
72 | Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo | 10 000 | 5 195 | 5 382 |
73 | Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole | 16 402 | 17 042 | 10 300 |
75 | Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas | 11 117 | 12 000 | |
Sum kap. 249 | 55 560 | 56 646 | 25 343 |
I høve til 2003 er det gjort ei teknisk endring:
Løyvinga på post 75 er frå budsjettåret 2004 overført til kap. 240 Frittståande skolar, med ein eigen tilskottssats, jf. kap. 240 post 70.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga er nytta til utgreiingar, analysar og FoU på ansvarsområdet til departementet. Ein stor del av løyving er nytta til analysar innanfor grunnopplæringa og utarbeiding av kompetanseberetning.
Eit hovudmål vil vere å få eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling av utdannings- og forskingspolitikken.
Departementet foreslår at løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga på posten gjeld tryggleiksopplæring for fiskarar. Sjøfartsdirektoratet har i forskrift av 10. februar 1989 gitt forskrifter om obligatorisk tryggleiksopplæring for fiskarar, som omfattar eit grunnleggjande tryggleikskurs og repetisjonskurs. Tryggleiksopplæringa blir administrert av Tromsø maritime skole og blir driven på bakgrunn av avtale mellom departementet og Troms fylkeskommune.
Grunnleggjande tryggleikskurs er normalt gratis for fiskarane. I 2002 gjennomførte i alt 1 308 fiskarar grunnleggjande tryggleiksopplæring. Dette svara til nær 100 pst. av kapasiteten, og er ein oppgang på om lag 140 fiskarar samanlikna med året før. I 2002 gjennomførte 500 personar repetisjonskurs, noko som er ein auke på 120 deltakarar frå 2001. Om lag 45 pst. av kapasiteten på repetisjonskursa ble nytta.
Departementet er av den oppfatning at staten ikkje bør finansiere denne tryggleiksopplæringa. Andre yrkesgrupper må sjølve dekkje kostnadene ved tilsvarande kursing.
Det blir derfor foreslått at tilskottsordninga blir avvikla i 2004. Grunna lønnsforpliktingar til pedagogisk personale samt kontortilsette i tryggleiksopplæringa, vil tiltaket få heilårsverknad først i 2005.
Post 61 Tilskott til Nordland kunst- og filmskole
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det blir gitt eit tilbod om kunst- og filmutdanning i Nord-Noreg. Nordland kunst- og filmskole er toårig, og er det einaste tilbodet i sitt slag i Nord-Noreg.
Skolen hadde våren 2003 48 heilårselevar, fordelte på tre linjer: biletkunst, kunsthandverk og film.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 62 Moskvaskolen
Målsetjinga med tilskottsordninga er å gi norske elevar med kompetanse i russisk moglegheit til å ta vidaregåande kurs II på den norsk-russiske vidaregåande skolen i Moskva. Denne skolen gir både norske og russiske elevar godkjent vitnemål etter norske og russiske reglar.
Skoleåret 2002-03 hadde skolen to norske elevar, ein nedgang frå fire elevar i 2001-02.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 72 Tilskott til den franske og den tyske skolen i Oslo
Regjeringa ønskjer å styrkje samarbeidet med Tyskland og Frankrike samt å styrkje stillinga til det tyske og det franske språket i Noreg ved å støtte drifta av den tyske og den franske skolen i Oslo.
Noreg har inngått avtale om utdanningssamarbeid med Frankrike og Tyskland, jf. St.prp. nr. 40 (2001-2002) og Innst. S. nr. 126 (2001-2002) samt St.prp. nr. 78 (2001-2002) og Innst. S. nr. 4 (2002-2003). Avtalen med Frankrike forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den franske skolen i Oslo på 4 mill. kroner, mot at Frankrike legg til rette for eit bestemt tal på norske lærlingar innanfor det franske opplæringssystemet. Avtalen med Tyskland forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskott til den tyske skolen i Oslo på 1 mill. kroner, mot at Tyskland forpliktar seg til å leggje til rette for 20 praktikantplassar per studieår for norske studentar ved tyske bedrifter.
I skoleåret 2002-03 gjekk det 208 elevar på barnetrinnet, 166 elevar på ungdomstrinnet og 53 elevar i vidaregåande opplæring i den franske skolen. I den tyske skolen same år gjekk det 130 elevar på barnetrinnet og 35 elevar på ungdomstrinnet.
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 73 Tilskott til internatdrifta ved Krokeide yrkesskole
Krokeide yrkesskole gir tilbod om attføring og yrkesutdanning til elevar som på grunn av funksjonshemming har behov for tilrettelagt opplæring. Eigar av skolen er Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke. Tilskottet har gått til drift av internatet ved Krokeide yrkesskole og til det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skolen.
I skoleåret 2002-03 var det til saman 140 elevar ved Krokeide yrkesskole, noko som er ein liten auke frå tidlegare år.
Av omsyn til den budsjettmessige situasjonen er dette tilskottet foreslått avvikla frå hausten 2004.
Post 75 Særskilt tilskott til toppidrettsgymnas
Tilskottet har gått til Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas, slik at dei kan gi tilbod om toppidrett ut over læreplanane for studieretning for idrettsfag. Våren 2003 blei det gjeve tilskott for 793 elevar, ein nedgang på 10 elevar frå året før.
Tilskottsordninga er frå budsjettåret 2004 overført til kap. 240 Frittståande skoler, med ein eigen tilskottssats, jf. kap. 240 post 70.
Programkategori 07.50 Vaksenopplæring, folkehøgskolar og fagskoleutdanning
Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
0251 | Fagskoleutdanning | 110 648 | 274 987 | 148,5 | |
0253 | Folkehøgskolar | 406 171 | 509 100 | 496 972 | -2,4 |
0254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254) | 1 073 038 | 833 723 | 179 868 | -78,4 |
0256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256) | 62 630 | 60 360 | 60 918 | 0,9 |
0258 | Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa | 75 322 | 60 585 | 52 545 | -13,3 |
0259 | Kompetanseutviklingsprogrammet | 96 724 | 60 718 | 40 718 | -32,9 |
Sum kategori 07.50 | 1 713 885 | 1 635 134 | 1 106 008 | -32,4 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer 1 106 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 529 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003. Av dette skriv om lag 458 mill. kroner seg frå tekniske endringar, sjå omtale under det einskilde kapittel.
Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3254 | Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254) | 84 744 | 25 836 | -100,0 | |
3256 | VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256) | 13 806 | 10 548 | 10 928 | 3,6 |
Sum kategori 07.50 | 98 550 | 36 384 | 10 928 | -70,0 |
Budsjettforslaget for kategori 07.50 utgjer 10,9 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 25,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003, og skuldast tekniske endringar, jf. kap. 3254 post 04.
Mål: Livslang læring for alle
Livslang læring er eit overgripande syn på utdanningspolitikken der vidare læring utover fyrstegongsutdanning blir sett på som nødvendig. Kompetansereforma er Noregs satsing på dette området, og Regjeringa og partane i arbeidslivet har sidan 1999 hatt eit nært samarbeid omkring sentrale utfordringer. Kompetansereforma har som målsetjing å gi den einskilde høve til å ta del i samfunns- og arbeidsliv på ein fullverdig måte gjennom å auke verdsetjinga av alle former for kompetanse og gi alle betre høve til kompetanseutvikling. Gjennom dei mange prosjekta innanfor reforma har ein sett fleire døme på at vaksne sine høve til å auke sin eigen kompetanse har vorte styrkt. Mellom anna har reforma gjennom å opne utdanningssystemet og verdsetje realkompetanse medverka til å skaffe kvalifisert arbeidskraft i bransjar der etterspurnaden har vore høg, til dømes i helsesektoren.
For å komme vidare med å leggje til rette for at alle skal kunne ta i bruk og auke kompetansen sin, har departementet det siste året lagt vekt på å skaffe eit breitt kunnskapsgrunnlag om verknadene av reforma. Dei ulike kjeldene peiker på at det er oppnådd mykje gjennom reforma, men at det framleis finst utfordringer. Dette gjeld både at alle skal få høve til å lære meir, og at ein må bli betre til å nytte eksisterande kunnskapsressursar i arbeidslivet.
VOX - Vaksenopplæringsinstituttet arbeider med å samanstille informasjon frå ulike kjelder om vaksne sine kunnskapar om rett til grunnopplæring og realkompetansevurdering og korleis vaksne nyttar desse rettane. Dei første resultata er knytte til vidaregåande opplæring. Dei syner at vaksne har liten kjennskap til rettane sine og at interessa for meir informasjon er låg. I 2004 ønskjer Regjeringa at tiltaka i Kompetansereforma blir betre kjende, og vil derfor setje i verk informasjonstiltak som blir etterfølgde av rettleiing og tilpassa opplæring for dei som treng og ønskjer dette.
Noreg tek del i OECD-undersøkinga ALL (Adult Literacy and Lifeskills Survey). ALL er ei vidareføring av ei omfattande kartlegging av lesedugleiken og talforståinga til vaksne som tidlegare er gjennomført i 21 land. Undersøkinga vil gi oss komparative data med andre land og indikasjonar på kva for grupper i samfunnet som treng oppgradering av desse typane av kompetanse. Sjå nærmare omtale under kap. 258.
For mange vaksne er det ei betre løysing å kunne auke kompetansen sin samstundes som ein er i arbeid, framfor å ta utdanning på fulltid. Departementet har gjennomgått tilskottsordninga til studieforbund og frittståande fjernundervisningsinstitusjonar med det formålet å vurdere korleis tilskottsordninga er eigna til å stimulere til livslang læring. Gjennomgangen konkluderer med at det er naudsynt å sjå denne tilskottsordninga i samanheng med anna finansiering av vaksenopplæring for å kunne utvikle eit system som tek vare på både formell og ikkje-formell læring. Gjennom opplæringslova er det kommunar og fylkeskommunar som har ansvar for å sørge for at vaksne får formell grunnopplæring, men samstundes ser departementet at dei frivillige opplæringstilbydarane medverker på dette feltet. Kvalitetsutvalget si innstilling NOU 2003: 16 «I første rekke. Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle» omtalar mellom anna finansiering av rettighetsbasert grunnopplæring for vaksne. Tilskottsordninga til studieforbund og frittståande fjernundervisningsinstitusjonar må vurderast mot oppfølginga av denne innstillinga slik at kompetansen til desse opplæringstilbydarane blir nytta formålstenleg i tråd med satsingane i Kompetansereforma.
Det blir stadig viktigare å kunne dokumentere og verdsetje den kunnskapen og kompetansen ein har tileigna seg på ulike læringsarenaer. Noreg har komme langt når det gjeld høve for vaksne til å få dokumentert realkompetansen sin når det gjeld både arbeidslivet og utdanningssystemet. Eit nasjonalt system for dette er etablert. Det er forventa at Noreg medverkar aktivt internasjonalt i utviklinga av eit nytt felles europeisk rammeverk for dokumentasjon av kvalifikasjonar. Vidare er det viktig at det nasjonale arbeidet blir knytt til dei aktuelle europeiske prosessane for betre kvalitet og mobilitet i utdanningssystem og arbeidsliv.
Mål: Betre kompetansetilførsel til arbeidslivet
Regjeringa ønskjer å sikre verksemder kompetent og omstillingsdyktig arbeidskraft. Dette er særleg viktig i ei tid med stadige endringar i arbeids- og samfunnsliv. Oppgradering av kompetanse er ei investering i arbeidsevna til vaksne arbeidstakarar og medverkar til nyskaping i næringslivet. For å betre tilføringa av relevant kompetanse til arbeidslivet er det naudsynt med betre kontakt mellom teori og praksis. Dette inneber at den kunnskapen som blir produsert i utdanningsinstitusjonane, må vere relevant i arbeidslivet, og at verksemdene må vere i stand til å dra nytte av den kunnskapen institusjonane produserer. Vidare er det sentralt at verksemdene blir i best mogleg stand til sjølve å identifisere, nytte og auke kompetansen for sine eigne tilsette.
Gjennom endringar i opplæringslova har vaksne fått utvida høvet til realkompetansevurdering til òg å gjelde når formålet er arbeid. Endringane tredde i kraft 14. mars 2003, og opnar ein ny veg mellom utdanning og arbeidsliv. Den nye lova om fagskoleutdanning, som vart vedteken våren 2003, har som formål å medverke til å utvikle kortare og meir fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar. Begge desse lovene vil medverke til betre kompetansetilførsel til arbeidslivet.
Situasjonen på arbeidsmarknaden med auka arbeidsløyse inneber nye utfordringar for mellom anna utdanningspolitikken. Statistikk frå Aetat syner at meir enn halvparten av dei arbeidslause ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Læring i den vaksne befolkninga er nær knytt til deltaking i arbeidslivet, og Regjeringa vil arbeide for at også personar som av ulike årsaker fell utanfor arbeidsmarknaden, får høve til kompetanseutvikling. Eit gjennomgåande resultat frå ulike prosjekt i Kompetansereforma er at dei med lågast formell utdanning er minst motiverte for å ta utdanning, medan dei som har mykje utdanning søkjer etter meir. Kompetanseutvikling for dei som står svakt, vil dermed kunne auke deira interesse til å søkje naudsynt utdanning og opplæring i framtida, og såleis gjere dei mindre sårbare for framtidige svingingar i arbeidsmarknaden.
Kompetanseberetninga for Noreg er eit nytt instrument for å synleggjere og dokumentere verdien av kompetanse i Noreg. Beretninga vil medverke til eit betre kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med Kompetansereforma.
Hausten 2003 vil dei første resultata frå prosjektet med å utvikle ein lærevilkårsmonitor for arbeidslivet bli ferdigstilt. Lærevilkårsmonitoren er eit måleinstrument som vil gi oss kunnskapar om høve til læring i arbeidslivet, sjå nærmare omtale under kap. 258. Departementet vil leggje til rette for at verksemder skal kunne nytte desse kunnskapane til å heve kvaliteten på opplæring, og for auka merksemd omkring den uformelle læringa som går føre seg i arbeidssituasjonen.
Det er klar samanheng mellom deltaking i arbeidslivet og kor godt innvandrarar blir integrerte i samfunnet. Ein føresetnad for å få arbeid er ofte betre norskkunnskapar, men kan òg vere å synleggjere kompetanse frå heimlandet. Ansvaret for tilskottsordninga til norskopplæring for innvandrarar blir frå 2004 overført til Kommunal- og regionaldepartementet, jf. kap. 254. Utdannings- og forskingsdepartementet vil framleis arbeide med å utvikle gode modellar og metodar for læring for innvandrarar.
Regjeringa vil mellom anna gjennom Forum for kompetanse og arbeidsliv fortsetje det breie samarbeidet med utdanningssektoren og partane i arbeidslivet.
Det blir foreslått ein samla reduksjon på 92 mill. kroner i løyvinga til programkategorien. Sjå nærmare omtale under det einskilde kapittel.
Kap. 251 Fagskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Teknisk fagskole | 110 648 | 274 987 | |
Sum kap. 251 | 110 648 | 274 987 |
I høve til saldert budsjett for 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Auken i løyvinga skuldast at tilskottet i 2004 blir gitt for heile budsjettåret.
Post 70 Teknisk fagskole
Stortinget vedtok lov om fagskoleutdanning våren 2003, jf. Innst. O. nr. 78 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 32 (2002-2003). Lova inneber at korte, praktisk retta utdanninger av god kvalitet kan bli godkjende som fagskoleutdanning gjennom Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Forskrifter om godkjenning av fagskoleutdanning i NOKUT har nyleg vore på høyring og vil bli fastsette hausten 2003. Lova vil etablere eit nytt felt innanfor det norske utdanningssystemet og synleggjere fagskoleutdanning som eit kortare og meir yrkesretta alternativ til høgre utdanning ved universitet og høgskolar. Fagskoleutdanning er tilbod som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse med eit omfang tilsvarande minimum eit halvt år og maksimum to år på heiltid.
Målsetjing
Formålet med ordninga er å medverke til å utvikle kortare og meir fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanninger, og yte tilskott til fylkeskommunar som gir tilbod om teknisk fagskole.
Tildelingskriterium
Fylkeskommunar som tilbyr teknisk fagskole kan motta tilskottet. Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av talet på studentar som fylkeskommunen rapporterer inn, og ein fast sats per student. Tilskottsordninga er innretta slik at skoleeigar skal ha stor grad av økonomisk stabilitet. Tilskottet til den einskilde fylkeskommunen blir derfor berekna for eit år av gangen på bakgrunn av talet på studentar ved skolestart.
Tilskottet er rammestyrt. Dette inneber at det totale studenttalet som kan finansierast innanfor budsjettramma, er fast. Dersom nokre fylkeskommunar reduserer aktivitetsnivået sitt vil det likevel vere rom for å auke tilskottet til fylkeskommunar som tek opp fleire studentar. Satsen er lik for alle studentar uavhengig av heimstadsfylke. I fastsetjinga av satsen er det teke omsyn til at fleire studieretningar er kostnadskrevjande å drive. Dersom fylkeskommunen held oppe studenttalet er dei sikra at det nye tilskottet svarar til det beløpet som vart trekt ut av ramma.
Oppfølging og kontroll
Departementet vil kontrollere om tilskottet er nytta etter føresetnadene på bakgrunn av årlege rapportar frå skoleeigar. Departementet kan gjennomføre stikkprøvekontrollar for å etterprøve om berekningsgrunnlaget for tilskottet er korrekt.
Rapport for 2002-03
Tekniske fagskolar er frå hausten 2003 omfatta av lov om fagskoleutdanning, og frå same tidspunkt er midlar til drift av teknisk fagskole trekt ut av rammeoverføringane til fylkeskommunane og nytta til å etablere ei statleg tilskottsordning. Uttrekket er rekna ut på bakgrunn av fylkeskommunane si rapportering til KOSTRA. I undervisningsåret 2002-03 var det om lag 3 000 studentar i teknisk fagskole. Den nye tilskottsordninga sikrar at dette minimumsnivået blir halde oppe.
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå.
Kap. 253 Folkehøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 368 | 2 483 | 2 572 |
60 | Tilskott til fylkeskommunale folkehøgskolar , kan nyttast under post 70 | 45 092 | 50 737 | |
70 | Tilskott til folkehøgskolar | 358 711 | 455 880 | 494 400 |
Sum kap. 253 | 406 171 | 509 100 | 496 972 |
I høve til saldert budsjett 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er justert opp som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 60 er gått inn i post 70 Tilskott til folkehøgskolar.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Posten omfattar midlar til felles pedagogiske utviklingstiltak, forsøksverksemd, prosjekt, kurs, seminar, utgreiingar, reisestipend og ulike einskildtiltak. Folkehøgskolerådet fordeler ein del av desse midlane etter retningslinjer frå departementet.
Post 70 Tilskott til folkehøgskolar
Post 70 dekkjer det offentlege driftstilskottet til folkehøgskolane. Posten omfattar òg ekstra tilskott til fire folkehøgskolar med høg del funksjonshemma elevar, midlar til arbeid i råd og organisasjonar i folkehøgskolen og til felles nordiske folkehøgskoletiltak. Posten er justert ned med 7,5 mill. kroner som følge av at Statens Pensjonskasse setter ned pensjonspremien i 2004.
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at det kan bli oppretta og drive folkehøgskolar. I tråd med den nye lova er formålet med folkehøgskolen å fremme allmenndanning og folkeopplysning.
Rapport for 2002-03
1. januar 2003 vart det nye regelverket for folkehøgskolen sett i verk. Det nye regelverket står for ei markert ansvarsoverføring til skoleeigar og einskildskolar, og innfører ein enklare forvaltningsmodell. Tilsynsmannsembetet er avvikla, og skolane har sjølve ansvar for kvalitetsutvikling og det pedagogiske innhaldet. Vilkåra for tildeling av tilskott er gjennomgått og tydeleggjort. Eit nytt krav er at skolen skal utarbeide prosedyrar for sjølvevaluering og kvalitetsutvikling og årleg gi ut ein offentleg tilgjengeleg sjølvevalueringsrapport. Det er vidare eit vilkår for tilskott at skolen utarbeider dokumentasjon av læringsprogram og deltaking.
Hausten 2003 er 77 folkehøgskolar i drift. Østerdal folkehøgskole, som hadde fått utsetjing med oppstart til 1. august, kom ikkje i gang, og planane blir ikkje realiserte. Det har vore handsama tre søknader om oppstart av ny folkehøgskole. Av omsyn til det samla budsjettopplegget finn ikkje departementet å kunne godkjenne nye folkehøgskolar no.
Elevtal i folkehøgskolane 1998-2002
År | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|
Elevar langkurs (vår og haust) - 16,5-33 veker | 13 494 | 12 907 | 12 302 | 11 252 | 11 878 |
Elevar kortkurs - 3 dagar-16 veker | 14 830 | 16 685 | 16 844 | 19 083 | 20 727 |
Sum elevar | 28 324 | 29 592 | 29 146 | 30 335 | 32 605 |
Årselevar langkurs | 6 966 | 6 608 | 6 358 | 6 161 | 6 260 |
Årselevar kortkurs | 611 | 693 | 758 | 897 | 1 049 |
Sum årselevar | 7 577 | 7 301 | 7 116 | 7 058 | 7 309 |
Sum godkjende årselevar / fastsett elevtal | 7 507 | 7 247 | 7 061 | 6 999 | 7 112 |
Tilskottselevar | 7 022 | 6 969 | 7 117 | 7 247 | 7 280 |
Kilde: Departementet sitt informasjonssystem for folkehøgskolen (1998-2001), SSB (2001-)
Søkinga til folkehøgskolen held seg jamt bra med små svingingar samla sett, men varierer ein del mellom dei einskilde skolane og mellom landsdelane. Kapasitetsutnyttinga er gjennomgåande høg. På landsbasis er det likevel ein del ledig kapasitet. Det samla talet på elevar har frå 2001 til 2002 auka frå om lag 30 300 til om lag 32 600 elevar. Veksten har hovudsakleg vore på kortkursa, med ein vekst på ni pst. Langkursverksemda auka i same periode med om lag seks pst. Elevar på kortkursa utgjorde den største elevgruppa med 64 pst. av alle elevane. Delen av 19-åringer på langkurs er stabil, og utgjer litt over halvparten av elevane. Delen av kvinner er uendra i høve til førre år, og utgjer både på langkursa og kortkursa eit klart fleirtal av elevane. Kortkursa har ei annan samansetning i alder enn langkursa, med ein hovudvekt av elevar i aldersgruppa over 50 år. På kortkursa har det vore ei vekst i talet på utanlandske statsborgarar på 33 pst.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir foreslått redusert med 22 mill. kroner.
Kap. 254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
60 | Tilskott til norskopplæring for innvandrarar | 760 551 | 615 916 | |
62 | Tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16-20 år | 55 007 | ||
70 | Tilskott til studieforbund | 212 849 | 181 494 | 146 948 |
71 | Tilskott til fjernundervisning | 28 512 | 20 000 | 15 720 |
72 | Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes | 7 384 | 7 613 | 7 887 |
73 | Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar | 8 735 | 8 700 | 9 313 |
Sum kap. 254 | 1 073 038 | 833 723 | 179 868 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Midlane på post 60 er overførte til Kommunal- og regionaldepartementet, som frå 1. januar 2004 får det administrative og økonomiske ansvaret for norskopplæring for innvandrarar.
Post 73 er auka med 0,3 mill. kroner i samband med at tilskott til Norsk forbund for fjernundervisning si drift og vedlikehald av kursdatabasen er flytta frå kap. 258 post 21.
Kapitlet omfattar tilskott til:
studieforbund
frittståande fjernundervisningsinstitusjonar
kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
vaksenopplæringsorganisasjonar
Post 60 Tilskott til norskopplæring for innvandrarar
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at kommunane tilbyr vaksne innvandrarar norskopplæring som gir tilstrekkelege kunnskapar til vidare utdanning, yrkes- og samfunnsdeltaking.
Rapport for 2002-03
Sidan timegrensene vart utvida til 850/3000 timar gratis norskopplæring for innvandrarar i 1998, har deltakinga i opplæringa auka kvart år. Frå 2001 til 2002 har talet på deltakarar auka med om lag 17 pst., medan talet på undervisningstimar har auka med 34 pst. I 2002 var det 1 300 fleire kvinner enn menn som tok del i opplæringa. Veksten i talet på undervisningstimar kan delvis skyldast auka merksemd på kor viktig det er å kunne norsk, og det kan også komme av at ein del kommunar allereie har innført introduksjonsprogram for innvandrarar. Ein sterkare vekst i talet på undervisningstimar enn i deltakartalet tyder på at mange kommunar gir meir intensiv norskopplæring enn tidlegare. Det arbeidast med å innføre rett og plikt til norskopplæring for innvandrarar. Sjå omtale i St.prp. nr. 1 for Kommunal- og regionaldepartementet.
Norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar 1999-2002
Opplæring | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|
Undervisningstimar | 916 120 | 1 074 187 | 1 134 254 | 1 525 433 |
Deltakarar | 22 796 | 21 856 | 26 013 | 30 433 |
Tal på deltakarar i asylmottak | 7 848 | 6 151 | 7 165 | 7 826 |
Kilde: FRES (1999-2001), GSI/SSB (2002)
Budsjettforslag for 2004
Frå 1. januar 2004 overtek Kommunal- og regionaldepartementet det administrative og økonomiske ansvaret for tilskottsordninga for norskopplæring for innvandrarar. Utdannings- og forskingsdepartementet vil framleis ha ansvar for den faglege og pedagogiske delen av opplæringa, mellom anna utvikling av læreplanar.
Post 62 Tilskott til grunnskoleopplæring for innvandrarar 16-20 år
Målsetjing
Formålet med tilskottet har vore å medverke til at kommunar kan gi grunnskoleopplæring til innvandrarar i alderen 16-20 år som ikkje har kunnskapar tilsvarande norsk grunnskole. Tilskottet har gitt innvandrarar høve til å ta grunnskoleeksamen og dermed nytte retten til vidaregåande opplæring.
Rapport for 2002-03
Frå 1. august 2002 fekk vaksne rett til grunnskoleopplæring. Retten omfattar innvandrarar i alderen 16-20 år. I og med at opplæringa for denne gruppa er sikra gjennom lovverket, er særtilskottet lagt inn i rammetilskottet til kommunane frå 1. august 2002.
Post 70 Tilskott til studieforbund
Målsetjing
Formålet med tilskottsordninga er å medverke til at studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira kan tilby fleksibel og brukartilpassa opplæring for vaksne.
Rapport for 2002-03
I 2002 var det i alt 23 studieforbund som etter lov om vaksenopplæring var godkjende med rett til statstilskott. Med vel 400 medlemsorganisasjonar famnar studieforbunda om eit vidt spekter av interesser. Studieforbunda gir tilbod innanfor dei fleste emneområde og fag.
Studieforbund. Deltakarar etter alder 1998-2002
År | I alt | 14-29 år | 30-49 år | 50 år og eldre | Ikkje oppgitt |
---|---|---|---|---|---|
1998 | 681 359 | 187 893 | 234 112 | 147 823 | 111 531 |
1999 | 681 845 | 187 626 | 240 783 | 158 793 | 94 643 |
2000 | 666 729 | 175 534 | 226 748 | 166 260 | 98 187 |
2001 | 614 356 | 150 705 | 203 440 | 159 889 | 100322 |
2002 | 667 727 | 148 804 | 208 938 | 188 711 | 121 274 |
Kilde: SSB
Det vart i 2002 gjennomført 52 000 kurs i regi av studieforbunda. Dette er ein reduksjon på ni pst. i høve til 2001. Det har i same periode vore ein vekst i talet på kursdeltakarar, noko som inneber at det i 2002 var fleire deltakarar på kvart kurs enn i 2001. Studieforbunda rapporterte om over 1,7 mill. studietimar i 2002, noko som er på nivå med føregåande år. Delen kvinner på kursa er stabil og utgjer om lag halvparten av deltakarane. Dette gjeld dei fleste fagområda, unntatt kurs innanfor realfag, industri- og tekniske fag og samferdsels- og kommunikasjonsfag der menn er i fleirtal. Studieforbunda driv òg opplæring for funksjonshemma, personar med svak førstegongsutdanning og innvandrarar. I 2002 var det om lag 32 000 deltakarar på kurs for særlege målgrupper, og det er ein oppgang på 7,7 pst. i høve til 2001.
Departementet har våren 2003 gjennomgått tilskottsordninga til studieforbund og frittståande fjernundervisningsinstitusjonar, jf. kategoriomtalen.
Budsjettforslag for 2004
Av omsyn til det samla budsjettopplegget blir det foreslått å redusere løyvinga på post 70 med 40 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til fjernundervisning
Målsetjing
Formålet med tilskottet til dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane er å gi vaksne høve til å skaffe seg grunnutdanning eller etter- og vidareutdanning som er tilpassa livssituasjonen deira.
Rapport for 2002-03
I 2002 mottok 13 frittståande fjernundervisningsinstitusjonar statstilskott. Om lag 60 pst. av deltakarane tek kurs på vidaregåande opplæringsnivå.
Frittståande fjernundervisningsinstitusjonar. Talet på personar som fullførte kurs etter nivå 1998-2002
År | I alt | Vidaregåande opplæring | Universitet- og høgskolenivå | Ikkje oppgitt |
---|---|---|---|---|
1998 | 44 731 | 25 683 | 12 759 | 6 289 |
1999 | 39 394 | 23 927 | 10 255 | 5 212 |
2000 | 37 982 | 22 553 | 10 004 | 5 425 |
2001 | 32 734 | 20 009 | 8 017 | 4 708 |
2002 | 29 749 | 17 628 | 7 698 | 4 423 |
Kilde: SSB
Talet på personar som har fullført kurs, har minska dei siste åra, og vart redusert med ni pst. frå 2001 til 2002. Fjernundervisningsinstitusjonane rapporterte ein nedgang på om lag 12 pst. i talet på studietimar i 2002. NKI Fjernundervisning, NKS Fjernundervisning og FB Fjernundervisning er dei institusjonane som står for hovudtyngda av tilbodet, og utgjorde 80 pst. av studietimane i 2002. Ordinær brevinnsending er den vanlegaste kommunikasjonsforma, og vart i 2002 nytta av tre av fire deltakarar som einaste kommunikasjonsform.
Det er om lag like mange menn og kvinner som tek del. Kvinner og menn vel tradisjonelt. Dei to største fagområda for kvinner var samfunnsfag og helse-, sosial- og idrettsfag, medan det for menn var samferdsels- og kommunikasjonsfag og økonomi- og IKT-fag.
Departementet har våren 2003 hatt ein gjennomgang av tilskottsordninga til studieforbund og frittståande fjernundervisningsinstitusjonar, jf. kategoriomtalen.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga er foreslått redusert med 5 mill. kroner.
Post 72 Tilskott til kvinneuniversiteta, Norsk fredssenter og Studiesenteret Finnsnes
Målsetjing
Tilskottet skal medverke til drift av Kvinneuniversitetet på Løten, Kvinneuniversitetet Nord, Norsk fredssenter og Studiesenteret på Finnsnes, slik at desse institusjonane kan tilby kurs og andre vaksenopplæringstiltak som alternativ eller supplement til opplæring ved andre institusjonar.
Rapport for 2002-03
Kvinneuniversiteta har i 2002 hatt tilbod på nivå med vidaregåande opplæring og på høgskolenivå. Dei har òg gjennomført fleire andre kurs og prosjekt med kvinneperspektiv. Norsk fredssenter har i 2002 hatt fleire kurs i konfliktløysing og menneskerettar, og samarbeider med organisasjonar institusjonar for å fremme arbeid for fred og menneskerettar. Studiesenteret Finnsnes er eigd av Lenvik kommune og tilbyr folk i Midt-Troms kurs og utdanning på ulike nivå.
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget for 2004 inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå.
Post 73 Tilskott til vaksenopplæringsorganisasjonar
Målsetjing
Formålet med tilskottet er å medverke til finansiering av drifta av fellesorgana for studieforbunda og fjernundervisningsinstitusjonane, Vaksenopplæringsforbundet (Vofo), Norsk forbund for fjernundervisning (NFF) og International Council for Open and Distance Education (ICDE). Organisasjonane skal utføre fellesoppgåver for medlemsorganisasjonane i høve til departementet og fremme kunnskap om og utvikling av fagområda.
Rapport for 2002-03
Vofo er eit felles interesse- og serviceorgan for studieforbunda og har regionale ledd i alle fylka. Vofo driv aktivt informasjonsarbeid, og arbeider også med å utvikle studieplanar og kursdokumentasjon som gir grunnlag for verdsetjing i høve til realkompetansevurdering.
NFF er eit felles interesse- og serviceorgan for dei frittståande fjernundervisningsinstitusjonane som mellom anna utfører kvalitetssikring av statistikk- og dokumentasjonsordningar og normering av studietilbod. Både NFF og Vofo tek del i ulike forum i Kompetansereforma og i ulike samarbeidsprosjekt mellom dei to fellesorgana.
ICDE er ein internasjonal organisasjon for samarbeid, kommunikasjon og utvikling innanfor fjernundervisning og virtuell læring. ICDE har hovudkontoret sitt i Noreg.
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir ført vidare på same nivå.
Kap. 3254 Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 84 744 | 25 836 | |
Sum kap. 3254 | 84 744 | 25 836 |
I samband med at Kommunal- og regionaldepartementet skal forvalte tilskottet til norskopplæring frå 1. januar 2004, er kapitlet overført dit.
Kap. 256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 49 089 | 46 868 | 46 940 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 13 541 | 13 492 | 13 978 |
Sum kap. 256 | 62 630 | 60 360 | 60 918 |
I høve til saldert budsjett 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 01 driftsutgifter er nedjustert som følgje av avviklinga av el-avgiften for all produksjonsverksemd, jf. omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 01 Driftsutgifter og Post 21 Særskilde driftsutgifter
Kapitlet inneheld midlar til drift av VOX - Vaksenopplæringsinstituttet. VOX skal vere ein nasjonal pådrivar for vaksne si læring, med særleg vekt på å realisere måla i Kompetansereforma. VOX skal forske på, utvikle og formidle kunnskap om vaksne si læring for å møte kompetansebehovet i arbeidslivet og for det einskilde mennesket. VOX er organisert med eige styre med representantar for sentrale aktørar i Kompetansereforma. Med oppnemning av nytt styre frå januar 2003 vart representasjonen frå arbeidslivet styrkt.
Resultatrapport for 2003
Gjennom aktivt samarbeid med relevante aktørar i arbeidslivet og utdanningssystemet har VOX styrkt sin funksjon som ressurs for alle som driv med vaksenopplæring. Med bakgrunn i forskingsprofilen sin har VOX i 2003 hatt fokus på å betre kunnskapsgrunnlaget om vaksne i og utanfor arbeidslivet. Mellom anna har VOX sett i gang ei undersøking omkring vaksne sin rett til grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. kap 258. VOX har gjennom forsking og metodeutvikling hatt spesielt fokus på læring retta mot arbeidslivet, norsk med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og bruk av IKT.
VOX har ansvaret for drift og vidareutvikling av fleire av dei store prosjekta under Kompetansereforma. I arbeidet med å auke vaksne sine kunnskapar om rettar og høve til opplæring har VOX arrangert ei rekkje kurs og konferansar, mellom anna om bruk av innvandrarar sin kompetanse og opplæring i lese-, skrive- og reknedugleik for vaksne. VOX driv òg ei grøn telefonlinje for å informere om Kompetansereforma og vaksne si læring. VOX har utvikla ein database med resultat frå ei rekkje av prosjekta, og denne blir stilt ferdig hausten 2003. Databasen vil gjere informasjon om resultata og prosessane betre tilgjengeleg, og vil såleis medverke til å auke spreiinga av gode erfaringar.
Vidare har VOX initiert og teke del i ei rekkje nettverk nasjonalt og internasjonalt innanfor forsking og erfaringsdeling. Den internasjonale prosjektporteføljen inneheld for tida 15 prosjekt der tema er knytte til fleksible metodar for læring, integrering av innvandrarar, e-læring for særlege målgrupper, internasjonale perspektiv for dokumentasjon av realkompetanse og rekne-, lese- og skrivedugleik.
Det er distribuert 130 000 eksemplar av introduksjons-cd-en «Dill@ - din tur», som er eit elektronisk kurs om bruk av Internett. Kurset er utvikla på både samisk, nynorsk og bokmål. VOX har òg vidareutvikla eit sjølvinstruerande kurs i enkel bruk av tekstbehandling og rekneark som ligg til gratis nedlasting på heimesida deira.
Resultatmål for 2004
I 2004 skal VOX arbeide vidare som nasjonal pådrivar for vaksne si læring i og utanfor arbeidslivet, og ha som overordna målsetjing å skape varige verknader av dei gode erfaringane som er oppnådde så langt i Kompetansereforma. På oppdrag frå departementet og på eige initiativ skal VOX gi departementet og samarbeidspartnarar informasjon og kunnskap om viktige problemstillingar på feltet, og arbeide med å utvikle inkluderande læringskulturar for vaksne.
VOX skal gjennom å identifisere, analysere og formidle kunnskap medverke til kvalitetsutvikling av vaksne si læring og gi råd til departementet innanfor sentrale fagfelt. VOX skal på oppdrag frå departementet ivareta nasjonale kompetanseutviklingstiltak og gi støtte og rettleiing i lokalt utviklingsarbeid. Vidare skal VOX etablere nye og drifte eksisterande nettverk nasjonalt og internasjonalt. For å spreie erfaringar og overføre kunnskap skal dialog med relevante aktører og deltaking i samarbeidsprosjekt med vekt på arbeidslivet og nye basisdugleikar stå sentralt. VOX skal leggje vekt på læring i arbeidslivet, fleksible læringsarenaer, rekne-, lese- og skrivedugleik, integrering av innvandrarar og bruk av IKT.
I samband med fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen, jf. St.prp. nr. 65 (2002-2003), vil departementet setje i verk ein organisasjonsgjennomgang av VOX med tanke på avklaring av roller og oppgåver.
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget inneber at løyvinga blir vidareført på same nivå.
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3256 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Løyvinga på post 21 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Kap. 3256 VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 9 721 | 9 520 | 9 863 |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 756 | 1 028 | 1 065 |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 39 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 590 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 700 | ||
Sum kap. 256 | 13 806 | 10 548 | 10 928 |
Inntektene på post 01 kjem frå oppdragsverksemd ved VOX.
Inntektene på post 02 kjem mellom anna frå sal av læremateriell.
Kap. 258 Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 75 322 | 60 585 | 52 545 |
Sum kap. 258 | 75 322 | 60 585 | 52 545 |
I høve til saldert budsjett for 2003 er det gjort desse tekniske endringane:
Posten er justert ned med 0,5 mill. kroner i samband med flytting av ei stilling knytta til tilskottsordninga for norskopplæring for innvandrarar til Kommunal- og regionaldepartementet.
Posten er justert ned med 2,1 mill. kroner i samband med overføring av ansvaret for språkprøva til Læringssenteret, jf. kap. 202.
Posten er justert ned med 0,3 mill. kroner i samband med at tilskott til Norsk forbund for fjernundervisning si drift og vedlikehald av kursdatabasen er flytta til kap. 254 post 73.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal medverke til kunnskap om læring i den vaksne befolkninga. Prosjekta er knytte til livslang læring og satsingsområdane innanfor Kompetansereforma. Departementet vil leggje vekt på å nytte midlane systematisk opp mot dei områda partane i Kompetansereforma vurderer som prioriterte. Ein vil satse på å rette reforma mot arbeidslivet og vurderer korleis utfordringane i kompetansepolitikken kan møtast, på bakgrunn av det som alt er oppnådd gjennom Kompetansereforma til no.
Resultatrapport for 2002-03
Departementet har i 2003 gjennomført og sett i gang ei rekkje undersøkingar og prosjekt for å kartleggje behov for kompetanse i den vaksne befolkninga. Desse dokumenterer mellom anna verknader av tiltak under Kompetansereforma, og utgjer eit viktig grunnlag for vidare politikkutforming knytt til vaksne sine behov og høve til læring.
Det er sett i gang eit prosjekt for å betre kunnskapsgrunnlaget om vaksne i grunnskole og vidaregåande opplæring. Det blir kartlagt korleis vaksne nyttar retten til grunnopplæring, om dei nyttar tilbod om plass, kva for fag dei tek, kva for kursarrangørar dei vel, og om dei tek del på heiltid eller deltid. I tillegg blir det kartlagt om opplæringa er lagd individuelt til rette i høve til realkompetansevurdering. Førebels resultat viser at 25 pst. av Noregs befolkning oppgir å ha god kjennskap til vaksne sine rettar, at interessa for informasjon er låg, og at 80 pst. ikkje har noko forslag til kor ein kan vende seg for å få informasjon. Dei med låg formell utdanning er dei som har minst kunnskap om rettane og kor dei kan vende seg for å få informasjon. Prosjektet held fram i 2004 og 2005, og vil gi meir utfyllande kunnskap om korleis vaksne nyttar rettane sine og om korleis kommunar og fylkeskommunar legg til rette opplæringsløp for dei vaksne.
Evalueringa av Realkompetanseprosjektet er ferdig. Hovudkonklusjonen er at målet om å utvikle ei nasjonal ordning i stor grad er nådd i høve til utdanningssystemet, men at ein ikkje er i mål i høve til arbeidslivet. Evalueringa syner at både utdanningssøkjarar, arbeidstakarar, arbeidsgivere og sjølvstendig næringsdrivande som har teke del er nøgde. Dei som har blitt realkompetansevurdert i høve til vidaregåande opplæring fortel at det er lett å finne fram og at dei har fått god informasjon frå dei vidaregåande skolane. Ni av ti vurderer dei som utfører vurderingsjobben, som svært dyktige eller ganske dyktige. Åtte av ti opplever at vurderinga har hatt ein klar nytteverdi og at dei har fått eit tilpassa opplæringstilbod. Over 60 pst. av deltakarane har fått eit avkorta opplæringstilbod. Eksamensresultata syner at dei klarer seg like bra som eller betre enn ungdom i ordinær opplæring.
Det er utvikla ein lærevilkårsmonitor for læring i arbeidslivet, og det blir rapportert førebels frå denne hausten 2003. Monitoren er eit måleinstrument for kva som gir god læring i arbeidslivet, og skal medmerke til at verksemder kan nytte kompetansen sin betre og leggje til rette for meir systematisk kompetanseutvikling. Dette vil gi ny kunnskap om læring i arbeidslivet, og ein vil kunne følgje grupper over tid og undersøkje utvikling i læringsbehov, læringshøve og deltaking i opplæring.
Noreg har teke del i Eurobarometer for livslang læring. Denne undersøkinga gir oss komparative data med EU på mellom anna vaksne si deltaking i og motivasjon for læring. Dei førebels resultata syner mellom anna at Noreg ligg klart over gjennomsnittet med omsyn til deltaking i opplæring samanlikna med EU, men under gjennomsnittet samanlikna med andre nordiske land.
Prosjektet «Motivasjon, veiledning og informasjon» (MOVI) retta seg primært mot grupper med svak førstegongsutdanning. Prosjektet vart evaluert våren 2003, og resultata blir oppsummerte med at dei som har mykje kompetanse, søkjer meir, medan dei som har lite, ikkje er motiverte for læring. Dette skaper ei kompetansekløft med stadig større skilnader. Evalueringa konkluderer òg med at ein kombinasjon av rettleiing, motivasjon og informasjon kan medverke til å stimulere dei med låg kompetanse til deltaking i læring og utdanning.
På oppdrag frå departementet har Noregs forskingsråd i 2003 starta programmet «Kunnskap, utdanning og læring» (KUL), jf. hovudinnleiinga. Programmet held fram til 2007 og skal ha fokus både på utdannings- og forskingssystemet og på den læringa som skjer i arbeids- og samfunnsliv.
Når det gjeld Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL), er datainnsamlinga ferdig i 2003. Dei første nasjonale og internasjonale resultata vil ein få i 2004. Dei evnene ein testar ut i ALL er ei vidareføring av prosa- og dokumentlesing som i IALS og SIALS ((Second) International Adult Literacy Survey, 2000), samt ei noko anna tilnærming til matematiske problemstillingar. Det heilt nye testområdet er korleis vaksne taklar ulike problem i kvardagslivet. Minoritetsspråklege vaksne vil i denne undersøkjinga få særskild merksemd for å få meir kunnskap om evnen deira til å lese norsk.
Departementet arbeider med ei rekkje prosjekt knytte til kompetanseutvikling for innvandrarar. Migranorsk er eit multimediebasert opplæringsprogram som VOX har ansvaret for å utvikle. I tillegg til modular i alfabetisering og allmenn norskopplæring er det no utvikla ein arbeidslivsmodul. I samarbeid med Læringssenteret har VOX òg utvikla eit nettbasert opplegg på nynorsk for vaksne innvandrarar. Samfunnskunnskap skal styrkjast i opplæringa for vaksne minoritetsspråklege, og VOX har i 2003 arbeidd med å utvikle fleire temahefte til bruk i opplæringa.
I 2002 var om lag 2 600 kandidatar oppe til språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar. 65 pst. av kandidatane var kvinner og 35 pst. menn. 60 pst. besto heile prøva (tale, lytte, skrive og lese). Nokre klarte berre den munnlege eller skriftlege delen av prøva, medan 17 pst. av kandidatane fekk ikkje bestått. I tilknyting til arbeidet med innføring av rett og plikt til norskopplæring for vaksne innvandrarar arbeidast det også med utvikling av læreplanen og språkprøva, jf. kap. 254 post 60.
Departementet har sett i gang eit prosjekt, «Bruk av IKT i norskopplæringa for vaksne innvandrarar» (INOVI). Prosjektet, som gjeld utprøving av ulike IKT-program, går føre seg i ulike delar av landet i undervisningsåret 2003-04.
Departementet har sett i gang eit prosjekt knytt til språk- og talevanskar som er eit samarbeid mellom Aetat, trygdeetat og kommune for å styrkje samanhengen mellom utdanning og arbeid.
Endringar i opplæringslova som gav vaksne rett til realkompetansevurdering når målet er arbeid, vart vedteke i Stortinget våren 2003. Denne yrkesprøvinga er særskilt aktuell for innvandrarar eller andre som har vanskar med å dokumentere kompetansen sin. Arbeidet med å vidareutvikle ordningar for dokumentasjon av realkompetanse i arbeidslivet, utdanningssystemet og frivillig sektor, har halde fram.
Resultatmål for 2004
Dei mange prosjekta som hittil har vore gjennomførte i Kompetansereforma viser at mange gode resultat er oppnådde, men også at det er naudsynt å styrkje innsatsen på nokre område. Departementet har no eit godt evalueringsgrunnlag for å kunne identifisere kva for utfordringar det er viktig å arbeide vidare med. Departementet vil fortsetje det nære samarbeidet med mellom anna partane i arbeidslivet for å komme fram til gode løysingar på desse utfordringane.
I 2004 vil læring i arbeidslivet vere i fokus, og departementet vil arbeide vidare for å leggje forholda til rette slik at verksemder betre kan kartleggje sine eigne strategiske kompetansebehov og utvikle seg som lærande verksemder.
Arbeidet med å vidareutvikle eit nasjonalt system for realkompetanse vil halde fram. På bakgrunn av endringer i opplæringslova vil departementet mellom anna forberede endringer i forskriftene.
Resultat frå fleire prosjekt viser at vaksne sine kunnskapar om læringshøve er mangelfulle, og departementet vil arbeide for at fleire skal få betre informasjon om mellom anna rettane til grunnopplæring og realkompetansevurdering. Departementet vil stimulere vidare til nye fleksible former for læring, og for spreiing av nye gode metodar og modellar, spesielt IKT.
Departementet vil i 2004 setje i gang eit eige prosjekt som koplar norsk realkompetansedokumentasjon i arbeidslivet til eit europeisk utviklingprosjekt på området. Dette skal medverke til å utvikle ein felles europeisk mal, søkje å unngå parallelle ordningar og forankre norsk posisjon i internasjonal samanheng på området livslang læring.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga er foreslått redusert med 5 mill. kroner.
Kap. 259 Kompetanseutviklingsprogrammet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Særskilde driftsutgifter , kan overførast | 96 724 | 60 718 | 40 718 |
Sum kap. 259 | 96 724 | 60 718 | 40 718 |
VOX har operatøransvaret for Kompetanseutviklingsprogrammet, og har òg nytta kompetanse frå andre fagmiljø ved vurdering av søknader og innstilling til programstyret. Programstyret er sett saman av representantar frå partane i arbeidslivet, Nærings- og handelsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet, og avgjer fordeling av midlane i programmet i høve til målsetjingar og føringar som er fastsette i programdokumentet.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Kompetanseutviklingsprogrammet har som formål å utvikle marknaden for etter- og vidareutdanning gjennom å gi støtte til utviklingsprosjekt som er tilpassa behov i arbeidslivet.
Programmet skal medverke til:
å gjere private og offentlege verksemder betre i stand til å identifisere, uttrykkje og oppfylle kompetansebehova sine.
å utvikle vidare arenaer for samarbeid mellom aktørar i arbeidslivet og innanfor utdanningssystemet.
å utvikle etter- og vidareutdanning som i større grad er tilpassa behova i arbeidslivet.
Resultatrapport for 2002-03
Kompetanseutviklingsprogrammet har i alt delfinansiert 600 utviklingsprosjekt. Det er i alt løyvd 275 mill. kroner til programmet. I 2003 er det lagt vekt på å spreie resultat og erfaringar. Det er utlyst midlar til spreiing av metodar og modellar som er utvikla gjennom desse prosjekta. Det kom inn 213 søknader, og 31 prosjekt fikk tildelt støtte. Arbeidet med å etablere ein prosjektdatabase i VOX er avslutta, og denne vil vere operativ hausten 2003. Informasjon om utviklingsprosjekt finansierte av Kompetanseutviklingsprogrammet vil utgjere ein vesentleg del av databasen. Det er samstundes lagt vekt på å synleggjere prosjekta og programmet i media og på heimesidene til VOX. Det blir lagt ut resultatomtalar etter kvart som prosjekta blir avslutta. Dei første overførings- og spreiingsprosjekta vart sette i gang hausten 2002, og det er etablert eit nært samarbeid med desse aktørane. Undervegsavalueringa av programmet har halde fram i 2003. Det er gjennomført ei sluttbrukarundersøkjing, samt ei eige evaluering av særskilt vellykka prosjekt. Rapportering vil bli lagt fram hausten 2003.
Resultatmål for 2004
Undervegsevalueringa av Kompetanseutviklingsprogrammet konkluderer med at liknande opplegg som i dei pågåande prosjekta kan gjennomførast og medverke til auka kompetanse også i andre verksemder, men at gode mekanismar for å spreie kunnskap er naudsynt for å få det til. I 2004 vil departementet derfor leggje særleg vekt på å utvikle vidare nettverk på tvers av bransjar og sektorar, på å samle og spreie kunnskap og på merksemd kring gode arbeidsmåtar og metodar for læring i arbeidslivet. Vidare vil departementet arbeide for å utvikle databasar over verktøy, metodar og modular slik at dei gode erfaringane blir lett tilgjengelege. Ein vil leggje særskild vekt på å nå individ og bransjar som ikkje sjølve søkjer kompetanseutvikling. Evalueringa av programmet vil halde fram i 2004. I tillegg til ei sluttevaluering av organisering, gjennomføring og den totale prosjektporteføljen til programmet, vil evaluering av strategien for spreiing av resultater stå i fokus.
Budsjettforslag for 2004
Av omsyn til det samla budsjettopplegget er løyvinga foreslått redusert med 20 mill. kroner.
Programkategori 07.60 Høgre utdanning
Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
0260 | Universitetet i Oslo | 2 622 957 | 2 778 775 | 3 012 046 | 8,4 |
0261 | Universitetet i Bergen | 1 593 685 | 1 623 346 | 1 763 386 | 8,6 |
0262 | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 2 055 510 | 2 232 589 | 2 398 868 | 7,4 |
0263 | Universitetet i Tromsø | 890 105 | 984 309 | 1 070 808 | 8,8 |
0264 | Noregs handelshøgskole | 209 882 | 211 905 | 233 697 | 10,3 |
0265 | Arkitekthøgskolen i Oslo | 60 070 | 75 726 | 81 919 | 8,2 |
0268 | Noregs idrettshøgskole | 95 582 | 99 912 | 106 070 | 6,2 |
0269 | Noregs musikkhøgskole | 104 577 | 113 617 | 118 165 | 4,0 |
0270 | Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar | 453 611 | 334 771 | 307 462 | -8,2 |
0273 | Statlege kunsthøgskolar | 173 236 | 223 016 | 224 944 | 0,9 |
0274 | Statlege høgskolar | 6 689 866 | 6 575 053 | 6 909 470 | 5,1 |
0278 | Noregs landbrukshøgskole | 399 661 | 414 007 | 446 695 | 7,9 |
0279 | Noregs veterinærhøgskole | 269 472 | 264 268 | 193 636 | -26,7 |
0281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281) | 573 650 | 833 258 | 1 172 569 | 40,7 |
0282 | Privat høgskoleutdanning | 445 021 | 511 485 | 571 244 | 11,7 |
Sum kategori 07.60 | 16 636 885 | 17 276 037 | 18 610 979 | 7,7 |
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer 18,6 mrd. kroner. Dette er ein auke på 1,3 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2003. Tekniske endringar utgjer om lag 158 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapittelet. Når ein ser bort frå tekniske endringar, er det ein auke på 8,6 pst. under programkategori 07.60.
Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
3265 | Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265) | 11 477 | |||
3269 | Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269) | 6 259 | 1 512 | -100,0 | |
3273 | Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273) | 7 714 | 5 962 | -100,0 | |
3274 | Statlege høgskolar (jf. kap. 274) | 587 476 | 4 081 | -100,0 | |
3279 | Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279) | 124 601 | 80 023 | -100,0 | |
3281 | Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281) | 6 461 | 1 335 | 10 | -99,3 |
Sum kategori 07.60 | 743 988 | 92 913 | 10 | -100,0 |
Budsjettforslaget for kategori 07.60 utgjer kr 10 000. Dette er ein reduksjon på 92,9 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003, jf. omtale under det einskilde kapittelet.
Mål: Tilby eit kvalitativt godt utdanningstilbod som legg til rette for at studentane gjennomfører studia på normert tid
Kvalitetsreforma
Kvalitetsreforma inneber ei omfattande omlegging av høgre utdanning i Noreg. Kvaliteten både på utdanning og på forsking skal bli betre, samarbeidet med samfunns- og næringsliv skal bli tettare, det internasjonale aspektet skal styrkjast, og studieintensiteten skal aukast.
Utdanningsinstitusjonane har frå hausten 2003 fått på plass dei faglege, økonomiske og organisatoriske hovudelementa i Kvalitetsreforma. Institusjonane har gjort eit omfattande og gjennomgripande arbeid med implementering av reforma. Studia er utvikla, justerte og tilpassa ny gradsstruktur. Det er lagt til rette for nye studentaktive lærings- og vurderingsformer. System for kvalitetssikring er utvikla, eller i ferd med å bli utvikla. Institusjonane har gått gjennom dei ulike ledda i organisasjonen med sikte på å styrkje den faglege og administrative leiinga, og såleis betre si strategiske evne. Universitet og høgskolar har fått auka fridom til sjølve å organisere verksemda si. Samstundes har dei fått eit større ansvar for å nå resultat, og dei blir mellom anna premierte for progresjon og kvalitet.
Departementet viser til vedtak ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr 337 (2000-2001) jf. St.meld. nr. 27 (2000-2001) om at institusjonane skal tilførest ekstraløyvingar. Fleirtalet i komiteen viser til Universitets- og høgskolerådet sine vurderingar som realistiske i høve til dei mål og forventningar som ligg til grunn for Kvalitetsreforma. Universitets- og høgskolerådet har berekna løyvingsbehovet ved gjennomføring av Kvalitetsreforma til 1 144 mill. kroner. Det meste av behovet er knytt til tidsressursar gjennom auka undervisning, individuell rettleiing og vurdering. Det er i dette talet også lagt inn forskingsressursar som svarar til at dei fagleg tilsette skal nytte om lag same tid til forsking og utdanning for universiteta. Tilsvarande er det lagt til grunn ein forskingsdel på 25 pst. for dei fagleg tilsette ved høgskolane. Vidare er det lagt inn kostnader til infrastruktur.
Kvalitetsreforma skal setjast i verk seinast hausten 2003 ved universiteta og høgskolane. I 2003 vart det løyvd 500 mill. kroner for å gjennomføre Kvalitetsreforma. I tillegg vart det løyvd 127 mill. kroner til vitskapleg utstyr som ein må sjå i samanheng med gjennomføringa av reforma. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2004 å føre vidare løyvingane. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve ytterlegare 517 mill. kroner til Kvalitetsreforma i statsbudsjettet for 2004. Samla gir dette 1 144 mill. kroner i 2004 til gjennomføring av Kvalitetsreforma. Midlane skal nyttast til å innføre meir studentaktiv undervisning, nye vurderingsformer, nye og meir faste studieløp, ny gradsstruktur og ei generell heving av kvaliteten på studietilboda. Institusjonane må vurdere korleis midla best kan bli nytta for å nå måla i Kvalitetsreforma.
292 mill. kroner av auken i 2004 er fordelt mellom institusjonane forholdsmessig etter avlagde 60-studiepoengseiningar, med ei vekting på 1,5 for studium på lågare grad ved universiteta sine allmennfakultet og studium på lågare grad ved dei vitskaplege høgskolane. Det er desse studia som har dei største utfordringane i høve til Kvalitetsreforma. Regjeringa foreslår ytterlegare 220 mill. kroner til Kvalitetsreforma ved å auke den resultatbaserte forskingskomponenten. Beløpet er fordelt med 170 mill. kroner til universiteta, 10 mill. kroner til vitskaplege høgskolar, 35 mill. kroner til dei statlege høgskolane og 5 mill. kroner til dei private høgskolane. Vidare er det foreslått å auke løyvinga som er knytt til internasjonalisering, med 5 mill. kroner i samband med etableringa av eit nytt senter for internasjonalisering av høgre utdanning, sjå nærmare omtale under kap. 281.
Tabellen nedanfor syner utviklinga i løyvingane til universitet og høgskolar knytte til innføringa av Kvalitetsreforma.
Finansiering av Kvalitetsreforma (i 1 000 kr)
Styrking av basisfinansieringa | Styrking av forskings- komponenten | Midlar til vitskapleg utstyr | Totalt | |
---|---|---|---|---|
Løyvingsnivå 2003 | 500 0001 | 127 000 | 627 000 | |
Auke i 2004 | 297 0002 | 220 000 | 517 000 | |
Løyvingsnivå 2004 | 797 000 | 220 000 | 127 000 | 1 144 000 |
1 I tillegg kjem midlar til NOKUT.
2 Inklusive 5 mill. kroner til nytt senter for internasjonalisering av høgre utdanning.
I tillegg til den budsjettstyrkinga som er knytt til Kvalitetsreforma, får universiteta og høgskolane i forslaget til budsjett for 2004 til saman ein auke i budsjetta på nærmare 200 mill. kroner som følgje av auken i talet på avlagde studiepoeng. Vidare er det lagt inn om lag 78 mill. kroner i 2004 i den strategiske forskingskomponenten. Desse midlane er knytte til heilårsverknad av 200 stipendiatstillingar som vart oppretta i budsjettet for 2003 og oppretting av 200 nye stillingar i budsjettet for 2004.
Løyvinga til strategisk prioritert forsking vart i 2002 og 2003 auka med 410 mill. kroner ut over dei budsjettmidlane som er nemnde over. Regjeringa foreslår å føre vidare desse løyvingane. Det er ein føresetnad at om lag 33,4 mill. kroner av desse midlane vert nytta til å finansiere dei 200 nye stipendiatstillingane.
Byggjeprosjekta som fekk startløyving i revidert nasjonalbudsjett for 2003, Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Nesna, Noregs musikkhøgskole, Høgskolen i Bodø og studentsenteret i Bergen, er ført vidare i 2004. Sjå nærmare omtale under kap. 281.
Kvalitet i utdanninga
Det er institusjonane sjølve som har ansvaret for kvaliteten på utdanninga ved deira eigen institusjon.
1. januar 2003 vart Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) oppretta. NOKUT er eit uavhengig, statleg organ som har som formål å utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgre utdanningsinstitusjonar, både statlege og private. NOKUT sitt mandat er å evaluere systema for kvalitetssikring ved institusjonane. Vidare skal NOKUT evaluere og akkreditere studietilbod som institusjonane sjølve ikkje har rett til å opprette. Organet skal òg akkreditere institusjonar, både private og statlege, som søkjer om og fyller vilkåra for endring av institusjonskategori. Vidare handsamar NOKUT enkeltsøknader om generell godkjenning av utanlandsk utdanning. NOKUT har myndigheit til å trekkje tilbake gitte akkrediteringar, både av institusjonar og studietilbod, dersom vilkåra ikkje lenger er oppfylte. NOKUT sitt arbeid skal medverke til at institusjonane kan utvikle og betre kvaliteten ved si eiga verksemd.
Departementet si forskrift for NOKUT sitt mandat og arbeid vart fastsett 2. januar 2003. NOKUT vart her gitt myndigheit til å utarbeide utfyllande kriterium og standardar for evaluering og akkreditering. Styret i NOKUT vedtok 5. mai 2003 kriterium for NOKUT si evaluering av kvalitetssikringssystema. Vidare fastsette NOKUT forskrift for akkreditering av institusjonar, og standardar og kriterium for akkreditering av studietilbod.
Alle institusjonane skal innan 1. januar 2004 ha utvikla tilfredsstillande system for kvalitetssikring, og NOKUT skal innan 1. januar 2008 ha evaluert kvalitetssikringssystema ved alle statlege institusjonar.
Betre gjennomføring i studia
Tidlegare undersøkingar som er utarbeidde av mellom anna Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU), syner at mange studentar nyttar få timar i veka på studia. Få krav til aktiv deltaking under studieløpet og bruk av store eksamenar har i liten grad stimulert til jamn studieaktivitet gjennom studieåret. Det blir forutsett at Kvalitetsreforma vil betre gjennomføringa gjennom mellom anna nye former for vurdering av studentane og betre utnytting av studieterminane. Dersom ein ser heile universitets- og høgskolesektoren under eitt, er det ein liten auke i studiepoeng per student frå 2001 til 2002, men talet på studiepoeng per student er framleis for lågt. Tabellane nedanfor syner studiepoeng per student ved den einskilde institusjonen.
Avlagde studiepoeng per student ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane1
Institusjon | 2000 | 2001 | 20022 |
---|---|---|---|
Universitetet i Oslo | 32,22 | 30,24 | 29,64 |
Universitetet i Bergen | 34,15 | 34,56 | 34,89 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 36,81 | 36,80 | 39,96 |
Universitetet i Tromsø | 33,16 | 33,04 | 36,19 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 41,41 | 43,27 | 49,12 |
Noregs handelshøgskole | 40,89 | 38,21 | 41,83 |
Noregs idrettshøgskole | 38,00 | 44,03 | 34,02 |
Noregs landbrukshøgskole | 43,39 | 42,85 | 42,20 |
Noregs musikkhøgskole | 44,11 | 39,63 | 44,34 |
Noregs veterinærhøgskole | 46,68 | 47,41 | 49,88 |
1 60 studiepoeng svarar til eit års normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på eigenfinansierte studentar i haustsemesteret og alle eigenfinansierte studiepoeng på årsbasis. Ein gjer merksam på at studiepoeng per student er rekna ut på ny måte slik at tal for 2000 og 2001 ikkje kan samanliknast med tal som har vore publisert tidlegare. Dette medfører òg endra tal for registrerte studentar seinare i kategoriinnleiinga og kapitla. Doktorgradsstudentar er ikkje med i talgrunnlaget.
2 Delar av endringa i studiepoeng per student frå 2001 til 2002 kan skuldast at det har vore ei rekkje endringar i studieprogramma ved institusjonane, og at studiepoeng blir tilordna på ulike trinn i studieprogramma.
Kilde: Database for statistikk om høgre utdanning (DBH).
Avlagde studiepoeng per student ved dei statlege høgskolane1
Institusjon | 2001 | 20022 |
---|---|---|
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 33,88 | 29,63 |
Høgskolen i Agder | 43,97 | 43,09 |
Høgskolen i Akershus | 36,24 | 40,08 |
Høgskolen i Bergen | 47,13 | 49,12 |
Høgskolen i Bodø | 41,71 | 42,13 |
Høgskolen i Buskerud | 42,14 | 38,92 |
Høgskolen i Finnmark | 32,03 | 41,13 |
Høgskolen i Gjøvik | 45,80 | 41,28 |
Høgskolen i Harstad | 39,34 | 39,08 |
Høgskolen i Hedmark | 41,54 | 44,31 |
Høgskolen i Lillehammer | 44,41 | 50,08 |
Høgskolen i Molde | 42,19 | 38,33 |
Høgskolen i Narvik | 39,95 | 36,11 |
Høgskolen i Nesna | 37,35 | 43,88 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 41,85 | 38,54 |
Høgskolen i Oslo | 44,95 | 46,10 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 44,99 | 43,73 |
Høgskolen i Stavanger | 39,11 | 39,68 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 43,07 | 43,96 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 49,76 | 49,42 |
Høgskolen i Telemark | 45,82 | 41,97 |
Høgskolen i Tromsø | 45,31 | 43,47 |
Høgskolen i Vestfold | 44,51 | 41,22 |
Høgskolen i Volda | 46,06 | 41,25 |
Høgskolen i Østfold | 42,41 | 42,07 |
Høgskolen i Ålesund | 50,80 | 43,87 |
1 60 studiepoeng svarar til eit års normert studietid. Det er teke utgangspunkt i talet på eigenfinansierte studentar i haustsemesteret og alle eigenfinansierte studiepoeng på årsbasis. Ein gjer merksam på at studiepoeng per student er rekna ut på ny måte slik at tal for 2000 og 2001 ikkje kan samanliknast med tal som har vore publiserte tidlegare. Dette medfører òg endra tal for registrerte studentar seinare i kategoriinnleiinga og kapitla. Doktorgradsstudentar er ikkje med i talgrunnlaget.
2 Delar av endringa i studiepoeng per student frå 2001 til 2002 kan skuldast at det har vore ei rekke endringar i studieprogramma ved institusjonane, og at studiepoeng blir tilordna på ulike trinn i studieprogramma.
Kilde: DBH.
Under kapittel 282 visast avlagde studiepoeng ved private høgskolar.
Utdanningskapasitet
Regjeringa har som mål at utdanningssystemet skal ha ein kapasitet som gjer det mogleg for den einskilde å realisere sine evner og talent gjennom utdanning. Kapasiteten er dimensjonert slik at om lag halvparten av årskulla kan ta høgre utdanning.
Departementet foreslår midlar til oppstart av tannlegeutdanning i Tromsø med eit opptak på ti studentar i 2004.
Det er vidare foreslått å etablere døvetolkutdanning ved Høgskolen i Bergen med eit opptak på 20 studentar.
Førebels søkjartal frå Samordna opptak (SO) syner at det i 2003 var ein auke i talet på søkjarar til høgre utdanning på om lag 5 pst. samanlikna med 2002. Dersom ein tek omsyn til reelle søkjarar, dvs. søkjarar som har sendt inn naudsynt dokumentasjon, er det ein auke på om lag 7 pst. frå 2002 til 2003. Nedgangen i talet på søkjarar som bad om vurdering på bakgrunn av realkompetanse, held fram. Tal frå SO syner ein nedgang på 11 pst. frå 2002 til 2003. I alt 4 800 personar bad om å bli vurdert på grunnlag av realkompetanse. Ein kan ikkje forklare auken i søking til dei høgre utdanningsinstitusjonane med større kull med nittenåringar. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at talet på nittenåringar vil halde seg stabilt fram til 2005, for deretter å auke med om lag 10 000 fram til 2010. Endringar i arbeidsmarknaden er ei sannsynleg forklaring på at fleire personar ønskjer å ta høgre utdanning.
Tabellane nedanfor syner nøkkeltal for søking og opptak til universitet og høgskolar og registrerte studentar.
Nøkkeltal for søking og opptak ved universitet og høgskolar
1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tal for søkjarar | 93 172 | 86 644 | 82 818 | 82 483 | 85 307 | 91 413 |
Tal for søkjarar 19-24 år i prosent av totalt tal for søkjarar | 73,0 | 71,8 | 71,1 | 68,8 | 65,7 | 65,7 |
Tal for kvalifiserte søkjarar | 75 656 | 70 043 | 66 581 | 66 823 | 66 000 | 68 664 |
Av desse kvinner (i prosent) | 60,8 | 60,2 | 60,0 | 59,3 | 59,9 | 60,7 |
Tal for kvalifiserte søkjarar utan tilbod | 5 272 | 3 473 | 2 262 | 1 958 | 2 139 | 4 273 |
Tal for personar møtt til studiestart | 43 651 | 43 836 | 43 684 | 44 605 | 46 038 | 47 411 |
Av desse kvinner (i prosent) | 59,8 | 61,0 | 61,0 | 60,2 | 60,4 | 61,5 |
Kilde: Samordna opptak.
Registrerte studentar 2001-021
Registrert 2001 | Registrert 2002 | |
---|---|---|
Universitet2 | 69 570 | 73 039 |
Vitskaplege høgskolar3 | 7 151 | 7 594 |
Kunsthøgskolar | 813 | 810 |
Statlege høgskolar4 | 80 047 | 83 715 |
Sum universitet og høgskolar | 157 581 | 165 158 |
Private høgskolar, kap. 282 | 26 672 | 27 010 |
Sum | 184 253 | 192 168 |
Eksternt finansierte studentar5 | 13 132 | 13 726 |
1 Registrerte studentar ved dei statlege høgskolane er basert på ein ny definisjon. Dei kan derfor ikkje samanliknast med tal publiserte tidlegare.
2 Det var i tillegg registrert 665 eigenfinansierte personar utan studierett ved universiteta i 2001 og 715 eigenfinansierte personar utan studierett i 2002. Doktorgradsstudentar er ikkje med i tala.
3 Det var i tillegg registrert 45 eigenfinansierte personar utan studierett ved dei vitskaplege høgskolane i 2001 og 33 eigenfinansierte personar utan studierett i 2002.
4 Studentar på ulike forkurs inngår ikkje i tala. Det var i tillegg registrert 1 171 eigenfinansierte personar utan studierett ved dei statlege høgskolane i 2001, og 583 eigenfinansierte personar utan studierett i 2002.
5 Eksternt finansierte studentar ved universitet, vitskaplege høgskolar, statlege høgskolar og kunsthøgskolar.
Kilde: DBH.
Læringsmiljø
I St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - Krev din rett Kvalitetsreform av høyere utdanning vart det varsla ei ny undersøking om studentane sine levekår. Departementet tek sikte på at ei slik undersøking vert sett i gang i 2003.
Lov om høgre utdanning er no endra slik at Arbeidstilsynet har tilsynsansvar med studentane sitt læringsmiljø, jf. Innst. O. nr. 107 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 65 (2002-2003).
Våren 2003 vart St.meld. nr. 40 (2002-2003) Om nedbygging av barrierer for funksjonshemmede lagd fram. Det er eit mål at personar med nedsett funksjonsevne, og som fyller krava for å studere, skal ha same reelle tilgang til høgre utdanning som andre. Vidare er det eit mål å lette overgangen mellom høgre utdanning og arbeid for desse studentane. Sjå omtale under kap. 281.
Rekruttering av minoritetsspråklege studentar og styrking av fleirkulturell forståing
Regjeringa har i handlingsplan mot rasisme understreka at institusjonane må føre vidare arbeidet for å rekruttere fleire studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn til høgre utdanning generelt og til lærarutdanning spesielt. Departementet har mellom anna prioritert midlar til studieløp som kan tene som vidare kvalifisering av minoritetsspråklege som har erfaring frå arbeid i skole og barnehage.
utdanning.no
I samband med den vidare utviklinga av portalen utdanning.no er det sett i gang eit arbeid med å standardisere kursinformasjon om høgre utdanning. Noregsuniversitet har fått i oppdrag av departementet å greie ut løysingar og ressursbehov. Departementet forventar at institusjonane medverkar til utviklinga av portalen.
Mål: Forsking og utviklingsarbeid av høg kvalitet
Departementet legg vekt på institusjonane sin vilje og evne til å gjere faglege og strategiske prioriteringar for å leggje til rette for god forsking. Institusjonane må formulere mål, krav og forventningar til alle forskingsleiarar ved institusjonen, og identifisere dei verkemidla som kvar enkelt leiar rår over. Det er eit fagleg leiaransvar å leggje til rette for at forskinga kan gå føre seg i gode forskingsmiljø med fleire samarbeidande forskarar og eventuelt forskarstudentar. Det er òg eit fagleg leiaransvar å følgje opp at tilsette oppfyller både undervisningsplikt og forskingsplikt.
I strategisk utvikling av forskingsmiljø vil ein aktiv rekrutterings- og personalpolitikk ha stor verdi, jf. tilrådingane i Innst. S. nr. 91 (2002-2003) og St.meld. nr. 35 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høgskolesektoren. Finansieringssystemet for universitet og høgskolar legg opp til delvis resultatbasert fordeling av budsjettmidlane til institusjonane. Institusjonane bør òg utvikle interne, resultatbaserte modellar for ressursar til forsking.
Eit tiltak som skal medverke til å heve kvaliteten på norsk forsking, er etablering av senter for framifrå forsking. 13 slike senter vart etablerte i 2002, sjå nærmare omtale under kategori 07.70.
Forskingsfinansiering
Departementet arbeider med å utvikle vidare den resultatbaserte delen av forskingskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar. Denne bør i sterkare grad reindyrke den resultatorienterte profilen. For å ta omsyn til det formidlingsansvaret som òg er gjeve i universitets- og høgskolelova, vil departementet òg vurdere å utvikle ein eigen komponent for premiering av formidlingsresultat. Til saman vil dette gje eit finansieringssystem som gir ein kobling mellom budsjettutteljing og resultat for alle dei tre hovudformåla forsking, undervisning og formidling.
For å få ein meir treffsikker premiering av oppnådde resultat i forskingsfinansieringa kan indikatoren vitskapleg publisering erstatte nokre av dagens indikatorar i den resultatbaserte omfordelinga av forskingsmidlar, som til dømes førstestillingar eller studiepoeng, der den direkte samanhengen med forskingsresultat er mindre openbar.
Målet er å få fram indikatorar som betre peiker på forskingsresultat ved institusjonane. Det er no prioritert å utvikle eit system for rapportering og bruk av data for vitskapleg publisering. Departementet arbeider i samråd med universitets- og høgskolesektoren, så vel som med relevante fagmiljø innanfor bibliotek og informasjons- og datahandtering. Departementet har bede Universitets- og høgskolerådet utvikle nødvendige autoritetsregistre for rapportering av vitskapleg publisering. Vidare har Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU) sett på korleis ein kan bruke bibliografiske referansar til publikasjonar som datagrunnlag i eit slik system. Målet er at institusjonane rapporterer standardiserte data av høg kvalitet som er samanliknbare mellom institusjonar, og at institusjonane får tilbod om å bruke bibliografiske data i sin rapportering til erstatning for den manuelle eigenrapporteringa. Systemet må vere relativt enkelt og gjennomskueleg og ikkje påføre vesentlege administrative byrdar.
For at systemet skal lukkast, er det naudsynt at ein kjem fram til standardar for korleis ein skal klassifisere ulikt kvalitetsnivå og ulike publikasjonsformar (artiklar, monografiar o.l.) for å kunne samanlikne.
Det er fleire forhold ein må vurdere når ein skal bestemme korleis ein skal premiere resultata for vitskapleg publisering, og korleis ein skal fase denne indikatoren inn for ulike institusjonar. Slik premiering bør ikkje føre til uønska endringar i publiseringspraksis. Finansieringssystemet bør oppmuntre til auke i publiseringar på eit særleg høgt nivå, og ikkje stimulere til forflating av den vitskaplege produksjonen. Ein modell der ein nyttar ulike satsar og mellom anna premierer publisering i dei fagleg tyngste publikasjonskanalane høgre enn anna vitskapleg publisering, er ei mogleg løysing for å ivareta desse ønskjene.
Premiering av gode resultat i forsking bør ikkje vere avhengig av institusjonskategori. Det må òg takast omsyn til at vitskapleg publisering ikkje er eit godt uttrykk for den FoU-verksemda som finn stad for ein del fagområder, og ein sterk vekt på indikatoren for vitskapleg publisering vil her neppe vere rimeleg. Departementet har difor til dømes utfordra relevante høgskolar til å arbeide med å utvikle ein annan indikator som kan fange opp kunstnarisk utviklingsarbeid. For ein del av profesjonsutdanningane vil det vere ei utfordring å utvikle indikatorar som måler FoU-verksemd retta mot praksisfelta. Systemet bør stimulere dei ulike typar universitet og høgskolar i tråd med det samfunnsoppdraget dei er gjeve.
Som eit første steg legg departementet til grunn at ein frå 2004 vil byrje å registrere vitskaplege publiseringar i eit nytt system, og at data for publiseringar i 2004 vil bli nytta i finansieringssystemet. Ved innføring av nye indikatorar vil det vere naturleg å vurdere på nytt kor mykje budsjettmidlar som skal knyttast til dei ulike indikatorane. Ein legg vidare til grunn i arbeidet med nasjonal forskingsdokumentasjon at bruk av slike data i finansieringssystemet også vil gjelde for private høgskolar.
For å kunne premiere resultat på formidlingssida, vil det vere naudsynt å utvikle nye indikatorar til dette formålet, som til dømes utgjeving av lærebøkar, men ein kan og nytte eksisterande mål, som oppdragsinntekter.
Det er i budsjettet for 2004 foreslått ein auke på 220 mill. kroner til resultatbasert omfordeling av forskingsmidlar (RBO), sjå omtale ovanfor.
Som ein del av oppfølginga av evalueringa av Noregs forskingsråd gjer Regjeringa ei vurdering av finansieringa av grunnforskinga over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Ei viktig målsetjing er å klargjere ansvars- og arbeidsdelinga mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og Noregs forskingsråd med omsyn til finansiering av grunnforsking, sjå også omtale under kategori 07.70.
Forskarutdanning
Talet på doktorgradar auka gjennom 90-åra. Likevel er veksten i Noreg lågast blant dei nordiske landa. Tabellen nedanfor gir ei oversikt over talet på doktorgradar fordelte på institusjonane i Noreg i perioden 1995-2002.
Talet på avlagde doktorgradar per institusjon 1995-2002
Institusjon | Avslutta doktorgradar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
Universitetet i Oslo | 192 | 218 | 242 | 224 | 269 | 229 | 232 | 231 |
Universitetet i Bergen | 136 | 116 | 100 | 129 | 132 | 125 | 130 | 157 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | 173 | 172 | 185 | 186 | 207 | 187 | 174 | 203 |
Universitetet i Tromsø | 45 | 46 | 39 | 59 | 48 | 51 | 62 | 55 |
Noregs handelshøgskole | 12 | 11 | 10 | 19 | 9 | 12 | 11 | 11 |
Noregs idrettshøgskole | 1 | 1 | 4 | 5 | 3 | 2 | 9 | 1 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 1 | 2 | 0 | 2 | 1 | 3 | 3 | 3 |
Noregs landbrukshøgskole | 27 | 24 | 35 | 41 | 28 | 32 | 36 | 52 |
Noregs veterinærhøgskole | 14 | 11 | 9 | 7 | 7 | 8 | 12 | 14 |
Noregs musikkhøgskole | 1 | |||||||
Det teologiske menighetsfakultet | 1 | 1 | 1 | 5 | 2 | 2 | 4 | 2 |
Handelshøyskolen BI | 3 | 2 | ||||||
Høgskolen i Stavanger | 2 | 2 | ||||||
Sum | 602 | 602 | 625 | 677 | 706 | 651 | 678 | 734 |
Prosentdel kvinner | 31 | 34 | 32 | 32 | 38 | 35 | 33 | 41 |
Kilde: Doktorgradsregisteret, Norsk institutt for forskning om utdanning (NIFU). DBH (Database for statistikk om høgre utdanning) for 1998-2002.
Trass i auken i avlagde doktorgradar i dei siste åra kan det på sikt bli mangel på vitskapleg personell ved universitet og høgskolar. Naturleg aldersavgang kan, saman med auka etterspørsel etter vitskapleg kvalifisert personale, gi eit erstatningsbehov som overstig talet på avlagde doktorgradar innanfor fleire fagfelt. Den naudsynte omstillinga til meir FoU-basert innovasjon i privat næringsliv og det offentlege er òg med på å auke etterspørselen.
Regjeringa har som mål å utdanne 1 100 doktorandar årleg. For å nå dette målet må fullføringsgraden i forskarutdanninga betrast, samtidig som det vert oppretta fleire stipendiatstillingar. I 2002 vart det løyvd midlar til 158 nye stipendiatstillingar, og i 2003 var det løyvd midlar til ytterlegare 200 nye stipendiatstillingar over budsjetta til universiteta og høgskolane. I budsjettet for 2004 er det forslag om 200 nye stipendiatstillingar frå hausten 2004. Dei nye stillingane er fordelte med 136 til universiteta, 15 til dei vitskaplege høgskolane, 38 til dei statlege høgskolane, seks til dei private høgskolane, to til UNIS og tre til stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsprogram. Samstundes er det forslag om å løyve midlar til heilårseffekt av 200 stipendiatstillingar fordelte i 2003.
Departementet vil leggje vekt på gjennomføringa til forskarstudentane når nye stipendiatstillingar skal tildelast til institusjonane. Ei slik vektlegging vil krevje betre kunnskap om fullføringsgrad og tidsbruk for doktorgradsstudentar enn det som no er tilgjengeleg. Institusjonane er derfor pålagt å opprette doktorstudentregister.
Norsk forskarutdanning har vore evaluert i regi av Noregs forskingsråd (2002). Eit hovudforslag i evalueringsrapporten er å auke normert studietid for graden philosophiae doctor (ph.d.) frå tre til fire år ved å ta opp studentar etter det første året i masterstudiet. Forslaget fekk lite støtte i høyringa av rapporten, og departementet kjem ikkje til å fastsette den såkalla «3+1+4-modellen» som hovudmodell for forskarutdanninga (3+1+4 står for tre år bachelor + eitt år master + fire år ph.d.). Departementet vil heller ikkje endre normert studietid, og graden ph.d. skal framleis ha eit omfang av tre årsverk.
Kvalitetsreforma har ført til auka behov for personale til undervisning og oppfølging av studentane. Normal tilsetting i doktorstipendiatstilling ved universitet og høgskolar er fire år, inkludert eitt årsverk pliktarbeid, som oftast undervisningsoppgåver. Stipendiatar utgjer såleis ein viktig undervisningsressurs no når Kvalitetsreforma er gjennomført. Samstundes har mange doktorstipandiatar berre treårig finansiering frå eksterne kjelder, til dømes Noregs forskingsråd eller næringslivet, for å utføre avhandlingsarbeid. I den grad utdanningsinstitusjonane har arbeidsgjevaransvaret for desse eksternt finansierte stipendiatane, står dei fritt til å tilby stipendiatane å arbeide eit fjerde årsverk med undervisningsoppgåver, noko mange også gjer. Ei slik løysing kan kallast for «3+2+(3+1)-modellen» der «(3+1)» står for tre årsverk til doktorgraden og eitt årsverk med pliktarbeid.
Eit fjerde årsverk for doktorstipendiatane i form av «(3+1)-tilsetting» har minst tre fordelar. For det første gir det meir tid til eksperimentering, refleksjon og modning for stipendiatane, slik at dei truleg vil bli betre doktorandar. For det andre er forskarutdanning i aukande grad nødvendig for fast tilsetting ved universitet og høgskolar, der undervisning er ein av hovudaktivitetane. Eitt årsverk med pliktarbeid for stipendiatane vil derfor gi framtidige førsteamanuensar som er betre førebudd til undervisning. For det tredje er eit stipendiatårsverk med undervisning ein god undervisningsressurs. Fireårig tilsetting av eksternt finansierte stipendiatar vil såleis medvirke til å realisere Kvalitetsreforma.
Tilsetting av doktorstipendiatar i fire år med eitt årsverk pliktarbeid skal vere hovudmodell for norsk forskarutdanning, også for stipendiatar som vert tilsett ved universitet og høgskolar og har treårig ekstern finansiering. Samla normert studietid frå grunnutdanning til doktorgrad er altså framleis åtte år: «3+2+3», men stipendiatane skal kunne fordele arbeidet med den treårige doktorgradsavhandlinga over fire år, såkalla «(3+1)-tilsetting». Dersom stipendiatar med treårig eksternt stipend ikkje ønskjer fireårig tilsetting med pliktarbeid, skal dei kunne velje å inngå i eit treårig tilsettingsforhold ved utdanningsinstitusjonen. I enkelttilfelle skal også utdanningsinstitusjonane kunne velje å tilby berre treårig tilsetting for doktorstipendiatar.
Universitet og høgskolar med rett til å tildele graden ph.d. kan også nytte stillingskategorien postdoktor. Departementet er kjend med at mange institusjonar har eit stort behov for postdoktorstillingar, mellom anna for å byggje opp gode forskingsmiljø med fleire samarbeidande forskarar og forskarstudentar. Departementet vil likevel ikkje øyremerkje delar av forskingsløyvinga til postdoktorar. Ein aktiv rekrutterings- og personalpolitikk er av stor verdi for strategisk utvikling av forskingsmiljø, og institusjonar med doktorgrad må sjølve avgjere om delar av forskingsløyvinga best kan nyttast til å opprette nye postdoktorstillingar.
Ny undervisnings- og forskarstilling
Departementet vurderte i St.meld. nr. 16 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om ny lærerutdanning Mangfoldig - krevende - relevant og St.meld. nr. 35 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren å opprette ein stillingskategori over førstelektorstillinga. Ny stilling som undervisningsdosent er innført frå 1. juli 2003. Dette skal vere ei stilling på høgste nivå, og tilsetjing i stillinga skal byggje på ein dokumentasjon av pedagogiske og vitskaplege/faglege kvalifikasjonar.
Forskingsomfang
Tal frå NIFU syner at dei totale utgiftene til forsking og utviklingsarbeid ved universitet og høgskolar i 2001 var på 6,3 mrd. kroner. Om lag 90 pst. av utgiftene er ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane. Tal frå NIFU syner at det i 2002 vart produsert om lag 5 000 vitskaplege artiklar indeksert av ISI (Institute for Scientific Information) mot om lag 3 100 slike artiklar i 1991. Sjølv om dette er ein monaleg auke, er talet lågt når ein samanliknar Noreg med dei andre nordiske landa.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på vitskapleg tilsette. NIFU har i ein rapport frå 2003 evaluert opprykksordninga til professor.
Tal på årsverk i undervisnings- og forskarstillingar 2002 (pst. kvinner i parentes)1
Universitet | Vitskaplege høgskolar | Statlege høgskolar | Kunst- høgskolar | Sum alle institusjonar | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Professor | 1 900 | (15) | 251 | (10) | 207 | (11) | 26 | (45) | 2 384 | (15) |
Undervisningsdosent | 0 | (0) | 0 | (0) | 0 | (0) | 0 | (0) | 0 | (0) |
Høgskoledosent | 40 | (11) | 40 | (11) | ||||||
Førsteamanuensis/førstelektor | 1 343 | (31) | 279 | (26) | 1 325 | (27) | 26 | (42) | 2 973 | (29) |
Aman./høgskolelektor/ universitetslektor | 540 | (38) | 90 | (37) | 2 958 | (53) | 46 | (53) | 3 634 | (50) |
Bistillingar (professor II) | 136 | (9) | 15 | (7) | 34 | (4) | 4 | (11) | 188 | (8) |
Stipendiatar | 1 937 | (42) | 227 | (51) | 215 | (48) | 1 | (100) | 2 380 | (44) |
Forskar | 311 | (34) | 86 | (43) | 11 | (37) | 408 | (36) | ||
Postdoktor | 436 | (49) | 22 | (61) | 11 | (50) | 469 | (49) | ||
Høgskolelærar/ øvingslærar | 6 | (16) | 4 | (29) | 801 | (74) | 3 | (33) | 814 | (73) |
Vitskapleg assistent | 257 | (48) | 18 | (63) | 11 | (39) | 286 | (49) | ||
Andre | 151 | (55) | 13 | (53) | 11 | (45) | 1 | (100) | 176 | (55) |
Sum | 7 017 | (32) | 1 005 | (32) | 5 624 | (47) | 107 | (51) | 13 752 | (39) |
1 I tabellen over tal på årsverk i undervisnings- og forskarstillingar i 2002 er det teke med fleire stillingskategoriar enn i tilsvarande tabell i fjor.
Kilde: DBH. Data per 1. oktober 2002.
Kvinner i forskinga
Regjeringa har som mål å auke talet på kvinner i undervisnings- og forskarstillingar. Sjølv om kvinner utgjer eit fleirtal av studentane, er talet på kvinner særleg i høgre faglege stillingar framleis lågt, jf. tabellen ovanfor. For å få til ei jamnare fordeling av kvinner og menn har nokre av desse stillingane tidlegare vore øyremerkte for kvinner. I 2001 og 2002 vart budsjettmidlar til 30 nye professorat øyremerka for kvinner. I ein dom 24. januar 2003 slo EFTA-domstolen fast at denne ordninga strir med EØS-avtalen. Praksisen med øyremerking er derfor avslutta.
Øyremerking av stillingar har vore eitt av mange verkemiddel for å nå målet om likestilling mellom kjønna. Institusjonane er pålagde å ut-arbeide handlingsplanar for likestilling. Desse skal innehalde måltal for kjønnsfordeling og tiltak for å nå måla. Det er viktig at institusjonane fører ein medviten personalpolitikk for å rekruttere kvinner. Vidare er det viktig å kvalifisere kvinneleg tilsette for opprykk. Kvinner med solid førsteamanuensiskompetanse kan til dømes i ein overgangsfase bli gitte ekstra gode vilkår for forsking for å opparbeide seg professorkompetanse, og det kan vurderast å opprette mentorordningar for kvinner i rekrutteringsstillingar og andre stillingar.
Departementet ser òg på andre verkemiddel og vil setje ned ein komité for å integrere likestillingsarbeidet ved institusjonane i utdannings- og forskingssektoren. Komiteen skal støtte opp om og gi tilrådingar om tiltak som kan medverke til å redusere den skeive fordelinga mellom kjønna i akademia, sjå nærmare omtale under kap. 285 post 52. Departementet vil òg betre kunnskapsgrunnlaget i likestillingsarbeidet.
Departementet har endra regelverket slik at det går klarare fram at stipendiatar har rett til å forlengje åremålstilsetjinga ved til dømes svangerskapspermisjon.
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over oppnådde doktorgradar etter fagområde og kjønn i 1995 og 2002. Når ein ser bort frå fagområdet teknologi, har kvinnedelen auka på samtlege fagområde.
Doktorgradar etter fagområde og kjønn 1995 og 2002
Pst. av alle dr.gradar | Pst. kvinner | |||
---|---|---|---|---|
1995 | 2002 | 1995 | 2002 | |
Humaniora | 8 | 12 | 39 | 45 |
Samfunnsvitskap | 16 | 18 | 29 | 49 |
Matematikk/naturvitskap | 24 | 23 | 27 | 39 |
Teknologi | 20 | 18 | 21 | 16 |
Medisin | 25 | 21 | 38 | 50 |
Landbruksvitskap/veterinærmedisin | 7 | 8 | 44 | 46 |
Sum | 100 | 100 | 31 | 40 |
Kilde: Doktorgradsregisteret, NIFU.
Innovasjon
Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere eit av verdas mest nyskapande land der bedrifter og menneske med pågangsmot og skaparevne kan lykkas i å utvikle lønnsom verksemd. På viktige område skal Noreg ligge i tet internasjonalt når det gjeld kunnskap, teknologi og verdiskaping. I arbeidet for å oppnå dette skal Regjeringa utvikle ein brei innovasjonspolitikk. Det overordna målet er å leggje til rette for auka verdiskaping over heile landet - ein verdiskaping som skal gi fellesskapet dei ressursane det treng til å kunne nå overordna velferdspolitiske mål. Utdannings- og forskingspolitikken er sentral i ein slik politikk fordi menneske, kompetanse og kreativitet er avgjerande for innovasjonsevna i næringslivet. Universitet og høgskolar må ha fokus på kvalitet i utdanningane, medverke til livslang læring og styrking av realfaga og samarbeide med arbeids- og næringsliv. Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Som følgje av endringane i universitets- og høgskoleloven, jf. Innst. O. nr. 58 (2001-2002) og Ot.prp. nr. 40 (2001-2002), og arbeidstakaroppfinningsloven, jf. Innst. O. nr. 6 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 67 (2001-2002), har universitet og høgskolar fått eit auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner gjennom FORNY slik at institusjonane skal kunne ivareta desse oppgåvene. Av desse er 12 mill. kroner førte vidare frå 2003, sjå også kap. 285 post 52. Departementet foreslår vidare å løyve til saman 5,5 mill. kroner til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor, sjå forslag under dei einskilde kapitla.
Museum
Universiteta i Noreg har store natur- og kulturmuseumseiningar. Dei vitskaplege samlingane dannar basis for forsking, undervisning og formidling innanfor mange fagområde. Samlingane dokumenterer natur, kultur og livskåra til menneska gjennom tidene. Nye funn og undersøkingar inneber stadig tilvekst til samlingane. Universitetsmusea er òg viktige dokumentasjonssenter. Som tverrfaglege kompetansesenter skal dei tene samfunnet og andre museum. Dei skal mellom anna opplyse allmenta gjennom utstillingar, forelesingar og ved andre formidlingstiltak. Dei kulturhistoriske avdelingane er viktige aktørar i det arkeologiske forvaltningsarbeidet (utgravingar og ivaretaking av kulturminne), medan dei naturhistoriske einingane har ei viktig rolle å spele som artsbankar og miljøarkiv. Riksrevisjonen har gjennomført ein analyse av bevarings-, sikrings- og samlingsarbeidet til fem statlege museum, blant dei to universitetsmuseum, jf. Dokument nr. 3:9 (2002-2003).
Mål: Universitet og høgskolar som sjølvstendige lærestader og forskingsinstitusjonar med evne til å møte behov i samfunnet
Universitet og høgskolar har i dei siste åra fått auka fagleg, økonomisk og organisatorisk fridom. Dette gir institusjonane større handlingsrom til å møte utfordringane i samfunns- og næringsliv, og dei endra behov for utdanning og forsking. Universiteta har full fagleg mynde når det gjeld etablering av nye fag og studium. Statlege høgskolar, kunsthøgskolar og vitskaplege høgskolar har fagleg mynde til å etablere studietilbod på lågare grads nivå og på høgre grads nivå innanfor dei fagområda der dei kan tildele doktorgrad. Frå og med 2003 har høgskolane fått delegert mynde til å etablere eittårige vidareutdanningar/påbyggingsstudium som byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande.
Institusjonane må halde fram med arbeidet med å utvikle sin eigen profil og definere særskilde satsingsområde, samstundes som dei styrkjer samarbeidet med andre institusjonar om studietilbod og forsking.
Den samfunnsrolla som universiteta og høgskolane har, blir stadig viktigare. Institusjonane må aktivt samhandle med arbeids- og samfunnsliv gjennom utdanningssamarbeid, forskingssamarbeid og formidling.
Kvalitetsreforma sitt fokus på nye studentaktive lærings- og vurderingsformer kan gjere at det blir naudsynt med større grad av tilrettelegging av eksamenar for kandidatar som ikkje er tekne opp som studentar til vedkommande studium (privatistar). Etter lov om universitet og høgskolar har styra ved universitet og høgskolar rett til å fastsetje vederlag som dekkjer institusjonen sine meirutgifter, ved å halde eksamen for denne studentgruppa, men vederlaget skal ikkje gi overskott for institusjonen. Privatistar har ein lovfesta rett til å gå opp til eksamen. Institusjonane bør leggje til rette for at denne gruppa av studentar får påreknelege rammer ved at storleiken på eksamensvederlaget vert kunngjord i god tid før eksamen.
Finansieringssystemet for universitet og høgskolar
I statsbudsjettet for 2002 vart det innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Løyvingane til institusjonane er baserte på ein modell med tre hovudkomponentar: ein basiskomponent, ein undervisningskomponent og ein forskingskomponent. Det nye finansieringssystemet inneber ei markert dreiing av fokus frå innsatsfaktorar og over mot resultat. Innrettinga på det nye finansieringssystemet er slik at institusjonane betre kan møte behov i samfunnet.
Budsjettuttellinga i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa aukar med om lag 188 mill. kroner i høve til 2003-budsjettet for dei statlege institusjonane. Dette er i hovudsak eit resultat av at talet på avlagde studiepoeng i 2002 auka med 5,8 pst. i høve til eit korrigert tal på studiepoeng som vart avlagde i 2001. Ved gjennomgangen av rapporterte data for 2002 frå institusjonane blei det avdekt eksemplar på tekniske endringar i datarapporteringa frå 2001 til 2002. Departementet har derfor, forut for berekninga av verdien av undervisningskomponenten, gjort eit grundig arbeid med å gjennomgå rapporterte data frå institusjonane for å sikre datakvalitet. Institusjonane vart bedne om å vurdere rapporteringa si og sørgje for at 2002-data er samanliknbare med 2001-data, og det har vore ein dialog mellom departementet og institusjonane for å kvalitetssikre data. Det er kun reelle aktivitets- og resultatendringar som skal gi budsjettendringar, ikkje tekniske endringar i rapporteringsrutinar. For dei private høgskolane har det vore ein tilsvarande gjennomgang, både for å sikre kvaliteten på data og for å få ein korrekt utgangsposisjon.
Det samla talet på utvekslingsstudentar viser ein nedgang på meir enn 800 studentar frå 2001 til 2002. Ein kan ikkje vere nøgd med desse tala. Sjå omtale under mål om auka internasjonalt samarbeid og under kap. 281 post 73.
Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i finansieringssystemet. God kvalitet på data for avlagde studiepoeng er ein føresetnad. Relevante indikatorar for FoU-verksemda ved institusjonane må vidare bli utvikla og vurderte. Når desse vilkåra er oppfylte, vil departementet vurdere å inkludere kunsthøgskolane i det resultatbaserte finansieringssystemet for universitet og høgskolar.
Som ei følgje av Stortinget sitt vedtak i samband med handsaminga av Innst. S. nr. 260 (2002-2003), har departementet endra plassering i kostnadskategori for allmennlærarutdanninga i musikk i 2002 i tråd med Stortinget sitt vedtak.
Tabellane nedanfor syner det samla talet på 60-studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Det er denne endringa som er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004 i høve til 2003. Dei ulike satsane i den resultatbaserte undervisningsfinansieringa er i 2004-budsjettet prisjusterte.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004 for statlege institusjonar
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | |
---|---|---|---|---|
Universitet | 42 195 | 3 072 | 2 356 | -724 |
Vitskaplege høgskolar | 5 103 | 316 | 626 | -2 |
Statlege høgskolar | 60 291 | 2 472 | 1 573 | -114 |
Totalt | 107 589 | 5 860 | 4 555 | -840 |
Samla budsjetteffekt av resultatbasert undervisningsfinansiering for statlege institusjonar
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Budsjettutteljing avlagde studiepoeng | Budsjettutteljing utvekslingsstudentar | Sum | |
Universitet | 93 365 | - 3 765 | 89 600 |
Vitskaplege høgskolar | 17 122 | - 10 | 17 112 |
Statlege høgskolar | 82 054 | -593 | 81 461 |
Totalt | 192 541 | - 4 368 | 188 173 |
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004 for private institusjonar
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | |
---|---|---|---|---|
Private høgskolar | 8 957 | 379 | 593 | 35 |
Samla budsjetteffekt i resultatbasert undervisningsfinansiering for private institusjonar
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Budsjettutteljing avlagde studiepoeng | Budsjettutteljing utvekslingsstudentar | Sum | |
Private høgskolar | 10 484 | 182 | 10 166 |
Samarbeid med regionale helseforetak om undervisning og forsking
Helsedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet har i samband med oppfølging av NOU 2003:1 Behovsbasert finansiering av spesialisthelsetjenesten, lagt til rette for eit betre samarbeid mellom regionale helseforetak, universitet og høgskolar når det gjeld undervisning og forsking. Det skal mellom anna utarbeidast ny instruks til helseforetaka når det gjeld samarbeidsorgan. Vidare vil Helsedepartementet i styringsbrevet for 2004 gjere det klart at regionale helseforetak skal leggje til rette for praksisundervisning av eit bestemt tal helsefagstudentar i grunnutdanningane, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet.
Felles lovverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar
Stortinget bad i Innst. S. nr. 337 (2000-2001), jf. St.meld. nr. 27 (2000-2001), Regjeringa om å foreslå ei felles lov for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Ved kongeleg resolusjon 6. desember 2002 vart det oppnemnt eit utval , Ryssdal-utvalet, for å greie ut nytt felles lovverk for statlege og private høgre utdanningsinstitusjonar. Utvalet har òg vurdert organiseringa av dei statlege institusjonane. Utvalet vart bede om å sjå forslaga i samanheng med ei stadig aukande internasjonalisering innanfor høgre utdanning. Utvalet la fram innstillinga si 23. september 2003, og innstillinga er send på høyring. Departementet tek sikte på å leggje fram for Stortinget forslag om eit nytt lovverk for høgre utdanning tidlegast våren 2004, etter å ha gjennomført ein grundig høyringsprosess.
Nye rammeplanar
Departementet har i 2003 fastsett nye rammeplanar for dei fleste lærarutdanningane og for revisorutdanninga. Rammeplanane gir for desse utdanningane meir overordna føringar enn dei tidlegare, meir fridom og større høve til å utforme ein sjølvstendig profil på utdanninga i samarbeid med blant anna eksterne aktørar. Reviderte rammeplanar for grunnutdanningar i helsefag ved høgskolane er under utarbeiding med sikte på iverksetjing frå hausten 2004. Rammeplanane for økonomisk-administrativ utdanning og maritim høgskolekandidatutdanning er oppheva.
Strategi for styrking av realfaga
Regjeringa har fastsett ein handlingsplan for å styrkje realfaga. Handlingsplanen skal evaluerast kvart år. Innanfor høgre utdanning er strategien å auke rekrutteringa til dei realfaglege studia. Følgjande tiltak er mellom anna sett i verk:
Utvikling av nettbasert vidareutdanningstilbod i naturfag.
Auka krav om realfag ved opptak til naturvitskaplege studium.
Stipendmidlar til lærarar for etter- og vidareutdanning i matematikk.
Vidareføring av RENATE som eit senter for kontakt med arbeidslivet om realfag.
Aktivitetskrav for einskilde utdanningar
For å sikre rekruttering til visse yrkesgrupper vil departementet framleis stille krav til studiekapasitet ved nokre utdanningar. Aktivitetskrava er knytte til talet på 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første studieåret ved dei aktuelle utdanningane. Departementet legg òg til grunn at opptaksnivået på realfagsutdanningane og ingeniørutdanningane blir halde på minst same nivå som tidlegare. For dei vitskaplege høgskolane blir det ikkje stilt aktivitetskrav knytte til dei einskilde utdanningane. For kunsthøgskolane vert det framleis sett måltal for studentar og kandidatar.
Det har vore ein nedgang i søkinga til lærarutdanningane. Departementet melde i budsjettet for 2003 at aktivitetskrava skulle bli vurderte årleg. Det er spesielt viktig å rekruttere motiverte studentar med gode føresetnader for nettopp desse utdanningane. Det vil i samband med budsjettet for 2004 ikkje bli stilt krav om eit nedre opptakstal for lærarutdanningane. Institusjonane må satse på tiltak som betrar kvaliteten på lærarutdanninga, og gjennom dette auke rekrutteringa blant godt kvalifiserte søkjarar til desse utdanningane. Dersom einskilde institusjonar ikkje lykkast med dette, vil departementet vurdere å flytte kapasitet og budsjettmidlar til institusjonar med god rekruttering til desse utdanningane. Som ein del av Kvalitetsreforma har særleg universiteta fått ei utfordring knytta til å utvikle gode og attraktive studietilbod innanfor lærarutdanninga. Tabellen nedanfor syner aktivitetskrav som er fastsette for universitet og statlege høgskolar.
Aktivitetskrav universiteta i 2004
Utdanning | 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første årstrinn |
---|---|
Medisin | 505 |
Farmasi | 81 |
Odontologi | 109 |
Psykologi | 195 |
Tannpleiarutdanning | 39 |
Aktivitetskrav statlege høgskolar i 2004
Utdanning | 60-studiepoengseiningar som skal avleggjast første årstrinn |
---|---|
Sjukepleiarutdanning | 3 106 |
Fysioterapiutdanning | 274 |
Ergoterapiutdanning | 175 |
Radiografutdanning | 143 |
Reseptarutdanning | 61 |
Bioingeniør | 202 |
Audiografutdanning | 34 |
Vernepleiarutdanning | 600 |
Døvetolkutdanning | 52 |
Tannpleiarutdanning | 8 |
Tannteknikarutdanning | 21 |
Nettobudsjettering
Frå 2001 til 2003 har dei fleste universiteta og høgskolane vorte gjorde om til nettobudsjetterte institusjonar. Innføringa av nettobudsjettering har gitt desse institusjonane auka fleksibilitet med omsyn til å disponere sine eigne midlar. Nettobudsjetterte institusjonar får eit statstilskott som er lik differansen mellom brutto utgifter og inntekter. Økonomireglementet for staten og dei funksjonelle krava til økonomiforvaltninga i staten vil framleis gjelde for desse institusjonane, med dei unntaka som gjeld for nettobudsjetterte institusjonar. I 2002 oppretta departementet ein prosjektorganisasjon for å førebu innføring av nettobudsjettering for dei resterande 27 høgskolane. Frå 1. januar 2003 vart 22 høgskolar nettobudsjetterte. Etter ei samla vurdering foreslår departementet å leggje Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo, Samisk høgskole og Noregs veterinærhøgskole til nettobudsjetterte institusjonar frå 1. januar 2004, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 5. Alle universitet og høgskolar vil etter dette vere nettobudsjetterte. Departementet føreset at høgskolane setter av nok ressursar til innføring av nettobudsjettering, både hausten 2003 og i 2004.
Alle universitet og høgskolar betaler pensjonsinnskott direkte til Statens Pensjonskasse. Departementet vil i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004 komme tilbake til ei eingongsløyving knytt til feriepengar som er opptente i 2003, og arbeidsgivaravgift for siste termin 2003.
Økonomien ved universiteta
Som varsla i St.prp. nr. 1 (2002-2003) har departementet gjennomgått økonomien ved universiteta. Ei arbeidsgruppe med representantar frå universiteta og departementet leverte innstillinga si 1. juli 2003. Innstillinga viser at alle universiteta har hatt ein monaleg realvekst i løyving per student i perioden 1998-2003. Auken i ressurstilgang blir dels forklart med auke i løyvingane knytt til innføring av Kvalitetsreforma, dels med auke i forskingsfinansieringa, samstundes med at studenttalet har gått ned. Det er stor skilnad i løyving per student, og denne har auka i perioden. Skilnaden kan dels forklarast med ulik fagportefølje mellom universiteta. Ei samanlikning av løyving i høve til avlagde studiepoengseiningar viser mindre skilnad mellom institusjonane. Arbeidsgruppa peiker på fleire forhold som påverkar ressurssituasjonen ved universiteta. Blant anna har det vore ei dreiing av studiekapasiteten over mot større innslag av kostnadskrevjande utdanningar. Den viktigaste forklaringa på endringane i perioden er likevel knytt til opptrapping i forskingsløyvingar. Arbeidsgruppa understrekar behovet for at det vert arbeidd vidare med å utvikle datagrunnlaget med sikte på vidare analysar av ressurssituasjonen ved universiteta.
Departementet har innhenta ei uavhengig vurdering av rapporten frå leiaren av Kostnadsberekningsutvalet, professor Arild Hervik. Hervik har tidlegare leidd arbeidet med å greie ut økonomien i den statlege høgskolesektoren, jf. NOU 1998: 6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren. Hervik konkluderer med at:
«Perioden 1998-2003 viser en vekst i budsjettbevilgningen i faste 1998 kroner på 19,3 pst. Med reduksjon i studenttallet øker bevilgning per studentmåltall med 30 pst. Inklusive ekstern finansiering har veksten samlet vært 30 pst. I all hovedsak blir denne sterke veksten knyttet til prioritering av forskningen. Kostnadsdriveren bak veksten på 20,6 pst. fra 1992-97 var økt studentmasse, mens kostnadsdriveren bak veksten i perioden 1998-2003 er den politiske prioriteringen av forskningen opp på OECD-nivå.
Bevilgningsveksten mellom universitetene varierer mellom 17 pst. og 20 pst. Det er grunn til å konkludere med at veksten i bevilgning i perioden har vært rimelig lik universitetene imellom hensyn tatt til ulik utvikling i ressurskrevende utdannelser. Trekker vi med eksternt finansiert virksomhet er veksten klart høyest ved NTNU. Nøkkeltallet bevilgning per studentmåltall gir grunnlag til å konkludere med at vi har hatt ei relativt jamn utvikling mellom universitetene i perioden.
Bevilgning per studentmåltall viser imidlertid store forskjeller i nivå. Høyere nivå ved NTNU kan forklares med at de har en større andel relativt kostnadskrevende utdanninger. Korrigert for ulikheter i kostnadskrevende utdanninger og høy andel deltidsstudenter ved UiO, blir det rimelig likhet mellom de tre største universitetene. UiTø har imidlertid en bevilgning per studentmåltall som er 70 pst. høyere enn UiO. Vi vet lite om begrepet stordriftsfordeler for universitetene. Å være liten innenfor arbeidsintensiv tjenesteytende virksomhet synes å være en ulempe, men kommer man over «kritisk masse», ser vi at relativt små enheter kan være svært effektive. Dette finner vi også belegg for i de analyser som har vært utført for de statlige høyskolene. Den store forskjellen i ulike nøkkeltall UiTø har til de andre kan neppe begrunnes med skalaeffekter. Det kan være klare politiske grunner for at UiTø skal drive studiene sine med bedre rammebevilgninger.
Tilløp til effektivitetsanalyser finnes hvor man viser utvikling i faglige ressurser per student for seks ulike fag ved de ulike universitetene. Det er store forskjeller. Det ville være ønskelig å gå lenger i slike analyser. Ut fra det materialet som er blitt brukt i denne rapporten synes det klart at universitetene nå ligger etter i utvikling av denne typen data for å forstå ressursbruk i forhold til oppgaver sammenholdt med for eksempel kommuner og sykehus.»
Randsoneverksemd
Eit nytt reglement for universitet og høgskolar sitt samarbeid med andre rettssubjekt trådde i kraft 1. januar 2003. Det nye reglementet gir institusjonane større fridom i høve til korleis dei vil organisere den eksternt finansierte verksemda. Sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Desentralisert utdanning
Desentraliserte studietilbod og fjernundervisning er eit viktig supplement til den ordinære drifta ved universitet og høgskolar. Erfaringane har vist at etablering av slike tilbod medverkar til å betre rekrutteringa til prioriterte utdanningar som i lengre tid har hatt låg søking ved ordinær studiestad eller som ordinært studietilbod. Ein av føresetnadene for fleksible studietilbod er at slike tilbod skal vere mellombelse fordi det lokale behovet for studietilbod vil variere over tid. Organisering av fjernundervisning og desentralisert utdanning bør vere gjenstand for forhandlingar mellom lokale eller regionale aktørar og aktuelle universitets- eller høgskoleinstitusjonar. I statsbudsjettet for 2002 og 2003 vart det fordelt 30 mill. kroner til delvis dekning av dei meirkostnadene høgskolane har i samband med fjernundervisning og desentraliserte tilbod. I 2002 vart det i tillegg løyvd 6,2 mill. kroner frå Helsedepartementet til å dekkje meirkostnader knytte til desentralisert sjukepleiarutdanning. Desse midlane vart i 2003 lagde inn i tilskottet til fylkesmannsembeta. Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår i 2004 å leggje midlane over kap. 274 inn i rammene for kvar einskild institusjon, basert på fordelinga i 2003. Denne løyvinga omfattar òg studietilbod som høgskolane gir i samarbeid med lokale studiesenter. Sjå omtale under kap. 274.
Mål: Auka internasjonalt samarbeid
Internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid er eit nødvendig verkemiddel for å sikre at norsk utdanning og forsking held god kvalitet i internasjonal samanheng. Internasjonalisering av høgre utdanning er òg viktig for å sikre at dei uteksaminerte kandidatane er kvalifiserte for å møte eit stadig meir internasjonalt samfunns- og arbeidsliv. Aktiv deltaking i internasjonale utdannings- og forskingsprogram og samarbeid gjennom institusjonsavtalar med partnarinstitusjonar i andre land er sentrale verkemiddel for å nå internasjonaliseringsmåla i Kvalitetsreforma.
Alle institusjonane skal tilby dei studentane som ønskjer det, eit studieopphald i utlandet som del av eit gradsstudium. Alle studia i den nye gradsstrukturen skal såleis vere lagde til rette for studentmobilitet, ved at eit delstudium i utlandet på minimum tre månader naturleg kan gå inn i graden utan tap av tid for studenten.
Totalt tal på innreisande og utreisande utvekslingsstudentar ved norske lærestader 20021
ERASMUS/ SOKRATES | NORDPLUS | Bilaterale avtalar | Andre program | Totalt | |
---|---|---|---|---|---|
Sum innreisande | 1 181 | 261 | 327 | 428 | 2 197 |
Sum utreisande | 1 063 | 190 | 843 | 374 | 2 470 |
1 Private høgskolar er med i talgrunnlaget. Kvotestudentar er ikkje tekne med i tala. Desse utgjer 509 studentar.
Kilde: DBH.
Talet på innreisande og utreisande studentar er for lågt, og talet på utreisande studentar på SOKRATES/ERASMUS-programmet må til dømes auke til 1 500 studentar for at Noreg skal komme opp på gjennomsnittleg EU-nivå. Frå 1. januar 2004 etablerer EU eit nytt utdanningsprogram, ERASMUS MUNDUS, jf. nærmare omtale under kap. 281 post 73. Ein vil komme tilbake til Noreg si deltaking. Statens lånekasse for utdanning har gode ordningar for studentar som studerar i utlandet, sjå nærmare omtale under kategori 07.80.
Innpassingssystemet ECTS (European Credit Transfer System) skal nyttast for å sikre best mogleg tilrettelegging, og det er eit mål at talet på både inn- og utreisande studentar skal auke for å sikre at internasjonal kompetanse skal komme så vel studentar som institusjonane til gode.
Frå 1. januar 2004 er det foreslått oppretta eit nytt senter for internasjonalisering av høgre utdanning. Senter for internasjonalt utdanningssamarbeid (SIU) i Bergen går inn i det nye senteret. Dette er eit viktig tiltak for å følgje opp Kvalitetsreforma på internasjonaliseringsområdet. I tillegg til oppgåvene SIU har i dag, vil det nye senteret få ansvar for nye aktivitetar som profilering av norsk høgre utdanning i utlandet og kompetanseoppbygging i internasjonaliseringsarbeid for sektoren, sjå omtale under kap. 281 post 01.
Utveksling av fagleg personale for forsking, undervisning og anna utdanningssamarbeid er òg eit viktig verkemiddel for å sikre kvaliteten på og ein internasjonal dimensjon i det faglege arbeidet ved universiteta og høgskolane. For å få dette til er det naudsynt at institusjonane legg til rette for det. Særleg viktig er tilrettelegginga for at unge forskarar tidleg i karrieren knyter internasjonale kontaktar, og at utanlandske forskarar kan opphalde seg på institusjonane i kortare eller lengre periodar. Departementet vil sjå nærmare på korleis ein kan få til auka internasjonal utveksling mellom tilsette og meir fagleg samarbeid på tvers av landegrensene.
Institusjonane har eit omfattande samarbeid gjennom internasjonale organisasjonar, større internasjonale fellessatsingar og program, og gjennom bilaterale avtalar. Det har vore jamt over god deltaking frå norske universitet, høgskolar og forskingsinstitutt i EUs femte rammeprogram for forsking og utvikling (1999-2002). Norske institusjonar har særleg markert seg innanfor dei tre delområda Miljø, Livskvalitet og levande ressursar og Berekraftig vekst. Det sjette rammeprogrammet for forsking vart sett i verk frå 1. januar 2003. Førebels tal etter den første omgangen med søknadsvurdering tyder på at norske miljø vil delta aktivt òg i det nye rammeprogrammet. Sjette rammeprogram er eit viktig instrument i bygginga av eit integrert europeisk forskingsområde, European Research Area (ERA), jf. nærmare omtale under kategori 07.70 og St.prp. nr. 1 for Nærings- og handelsdepartementet.
Noreg tek del i fleire internasjonale fellessatsingar innanfor grunnforsking, til dømes det europeiske laboratoriet for molekylærbiologi (EMBL), som utfører avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi, det europeiske synkrotronstrålingsanlegget (ESRF), det europeiske senteret for kjernefysikk (CERN) og det internasjonale byrået for kreftforsking (IARC). Departementet forutset at institusjonane utnyttar slike satsingar betre, jf. nærmare omtale under kategori 07.70.
I finansieringssystemet for universitet og høgskolar er tildeling frå EU-programma ein del av forskingskomponenten for universitet og vitskaplege høgskolar. Dette skal mellom anna stimulere til auka satsing på deltaking i EU-programma.
Noreg tek del i det internasjonale samarbeidet om Bologna-prosessen, der dei fleste europeiske land no tek del. Prosessen har som hovudmål å skape eit felles europeisk område for høgre utdanning. På ministermøtet i Berlin fekk Noreg hausten 2003 i oppgåve å arrangere den neste ministerkonferansen i Bologna-prosessen, i 2005. Det vil bli oppretta eit sekretariat som vil planleggje konferansen og vere sekretariat for leiinga av Bologna-prosessen i perioden 2003-05. Sjå òg omtale under kategori 07.10.
Oppsummering av løyvingsforslag til institusjonane
Tabellen nedanfor viser budsjettforslaget for 2004 for einskilde institusjonar fordelt på dei forskjellige komponentane i finansieringssystemet.
Samla oversikt over budsjettforslaget for 2004 fordelt på komponentane i finansieringssystemet
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Undervisning | Forsking | Basis | Totalt | ||||
Institusjon | Studiepoeng | Utvekslings- studentar | Strategiske forskings- midlar | Resultat- basert omfordeling (RBO) | Tal på 60-studiepoengseiningar finansierte i basis | ||
Universitetet i Oslo | 592 009 | 3 869 | 415 494 | 344 931 | 1 655 743 | 3 012 046 | 15 780 |
Universitetet i Bergen | 387 802 | 3 177 | 231 400 | 203 855 | 937 152 | 1 763 386 | 8 411 |
Noregs teknisk-natur- vitskaplege universitet | 482 746 | 4 555 | 247 758 | 272 585 | 1 391 224 | 2 398 868 | 11 539 |
Universitetet i Tromsø | 156 397 | 650 | 124 982 | 100 003 | 688 776 | 1 070 808 | 3 032 |
Noregs handelshøgskole | 61 019 | 1 945 | 31 152 | 18 728 | 120 853 | 233 697 | 1 930 |
Arkitekthøgskolen i Oslo | 21 735 | 198 | 4 937 | 4 313 | 50 737 | 81 919 | 218 |
Noregs idrettshøgskole | 14 354 | 83 | 14 602 | 5 901 | 71 130 | 106 070 | 437 |
Noregs musikkhøgskole | 28 218 | 192 | 5 039 | 6 319 | 78 397 | 118 165 | 351 |
Høgskolen i Agder | 153 291 | 1 321 | 12 599 | 31 657 | 394 068 | 592 936 | 4 578 |
Høgskolen i Akershus | 62 305 | 73 | 2 780 | 7 697 | 139 272 | 212 127 | 1 754 |
Høgskolen i Bergen | 125 825 | 426 | 5 703 | 19 129 | 266 095 | 417 178 | 3 595 |
Høgskolen i Bodø | 77 428 | 437 | 9 541 | 17 302 | 216 927 | 321 636 | 2 532 |
Høgskolen i Buskerud | 45 027 | 94 | 5 216 | 12 074 | 122 392 | 184 802 | 1 669 |
Høgskolen i Finnmark | 37 089 | 322 | 2 293 | 8 774 | 109 042 | 157 521 | 1 219 |
Høgskolen i Gjøvik | 32 500 | 83 | 2 780 | 5 389 | 89 351 | 130 103 | 1 038 |
Høgskolen i Harstad | 23 706 | 182 | 2 293 | 3 116 | 69 628 | 98 926 | 660 |
Høgskolen i Hedmark | 86 947 | 52 | 5 283 | 13 067 | 195 151 | 300 500 | 2 650 |
Høgskolen i Lillehammer | 50 879 | 104 | 5 561 | 13 670 | 112 936 | 183 150 | 1 395 |
Høgskolen i Molde | 27 819 | 166 | 4 099 | 4 559 | 74 879 | 111 522 | 1 053 |
Høgskolen i Narvik | 22 143 | 754 | 3 268 | 5 988 | 104 639 | 136 791 | 576 |
Høgskolen i Nesna | 23 551 | 31 | 1 739 | 3 374 | 60 920 | 89 615 | 581 |
Høgskolen i Nord- Trøndelag | 64 888 | 135 | 4 175 | 11 958 | 200 068 | 281 225 | 2 149 |
Høgskolen i Oslo | 212 325 | 1 544 | 9 870 | 34 721 | 522 795 | 781 256 | 6 726 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 58 551 | 94 | 3 268 | 10 315 | 133 216 | 205 443 | 1 780 |
Høgskolen i Stavanger | 146 128 | 281 | 13 364 | 34 398 | 361 788 | 555 959 | 4 349 |
Høgskolen Stord/ Haugesund | 47 229 | 140 | 3 755 | 10 608 | 129 130 | 190 862 | 1 518 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 154 222 | 302 | 7 089 | 20 891 | 301 977 | 484 481 | 4 842 |
Høgskolen i Telemark | 87 789 | 416 | 6 745 | 18 639 | 258 794 | 372 383 | 3 343 |
Høgskolen i Tromsø | 62 542 | 52 | 3 335 | 8 670 | 144 985 | 219 584 | 1 728 |
Høgskolen i Vestfold | 62 934 | 203 | 4 729 | 13 069 | 157 035 | 237 970 | 2 007 |
Høgskolen i Volda | 49 667 | 218 | 4 729 | 8 956 | 114 931 | 178 501 | 1 667 |
Høgskolen i Østfold | 85 626 | 499 | 4 729 | 14 153 | 213 856 | 318 863 | 2 647 |
Høgskolen i Ålesund | 26 935 | 229 | 2 226 | 3 872 | 82 678 | 115 940 | 874 |
Samisk høgskole | 3 145 | 21 | 2 503 | 1 731 | 22 797 | 30 196 | 93 |
Noregs landbrukshøgskole | 86 274 | 811 | 52 868 | 50 172 | 256 569 | 446 695 | 1 684 |
Noregs veterinærhøgskole | 29 498 | 26 | 24 689 | 20 784 | 118 639 | 193 636 | 287 |
Sum | 3 690 543 | 23 685 | 1 286 593 | 1 365 368 | 9 968 570 | 16 334 760 | 100 691 |
Kap. 260 Universitetet i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 2 622 957 | 2 778 775 | 3 012 046 |
Sum kap. 260 | 2 622 957 | 2 778 775 | 3 012 046 |
I høve til 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med 6,4 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopp-legget.
Budsjettramma er auka med kr 790 000 som følgje av at driftsmidlar til årskurs i fransk i Caen er overført frå kap. 281 post 01.
Resultatrapport for 2002-03
Studentar og kandidater i 2002
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidater | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad3 | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | |
Det medisinske fakultet | 363 | 1 853 | 1 884 | 77 | 91 | 258 | 215 | 69 | 84 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (209) | (1 088) | (181) | (122) | |||||
Det odontologiske fakultet | 97 | 371 | 365 | 47 | 50 | 3 | 3 | ||
(Av desse profesjonsstudium odontologi) | (73) | (277) | (47) | (50) | |||||
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet | 1 689 | 4 483 | 4 688 | 1 352 | 1 467 | 324 | 303 | 80 | 58 |
(Av desse profesjonsstudium farmasi) | (69) | (289) | (47) | (52) | |||||
Det historisk-filosofiske fakultet | 2 995 | 6 247 | 6 652 | 2 240 | 2 366 | 357 | 322 | 32 | 34 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 2 447 | 5 349 | 5 739 | 1 654 | 1 887 | 377 | 385 | 32 | 37 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (75) | (432) | (88) | (72) | |||||
Det juridiske fakultet | 1 879 | 3 784 | 3 925 | 1 067 | 1 157 | 470 | 487 | 2 | 5 |
Det utdannings- vitskaplege fakultet | 1 482 | 2 094 | 2 439 | 632 | 796 | 150 | 249 | 10 | 8 |
(Av desse praktisk-ped. utdanning) | (397) | (398) | (229) | (335) | |||||
Det teologiske fakultet | 265 | 338 | 393 | 66 | 96 | 31 | 36 | 4 | 2 |
Examen philosophicum | 1 078 | 5 226 | 5 874 | 1 603 | 1 787 | ||||
Anna | 56 | 72 | 78 | 12 | 11 | ||||
Sum | 12 351 | 29 8171 | 32 0372 | 8 7034 | 9 6585 | 2 014 | 2 047 | 232 | 231 |
1 Av desse er det 59,4 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 417 personar utan studierett, samt 11 «andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar). Doktorgradsstudentar er ikkje med i tala.
2 Av desse er det 59,8 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 394 personar utan studierett, samt 45 «andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar).
3 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
4 I tillegg er det avlagt 204 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
5 I tillegg er det avlagt 118 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
Kilde: DBH
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
16 025 | 1071 | 744 | -3 |
Forsking
Universitetet i Oslo er ein breiddeinstitusjon med utdanningstilbod og forskingsaktivitet innanfor eit stort spekter av fagområde. I 2002 har universitetet prioritert arbeidet med å styrkje kvaliteten på forskinga og samstundes utvikle ein klar profil. Satsinga på faglege spissmiljø er eit sentralt element i dette. Tre fagmiljø innanfor anvend matematikk, molekylærbiologi/nevrovitskap og fysikk/geologi fekk status som senter for framifrå forsking i 2002. Vidare utvikling av desse miljøa er eit viktig ledd i forskingsstrategien til universitetet. Det same er satsing på dei miljøa som nådde opp i finalen, men utan å få status som senter for framifrå forsking. Universitetet i Oslo er òg vertskap for eit nordisk senter for framifrå forsking innanfor økologiske system og klimaendringar. Det er gjennomført fleire evalueringar ved Universitetet i Oslo. Evalueringane har gitt viktige innspel til den interne strategiutviklinga. Evalueringane viser at institusjonane har forskarar og forskingsgrupper som held god internasjonal standard, men også at nivået varierer. Andre viktige tiltak for å styrkje kvaliteten i forskinga er å ruste opp forskarutdanninga, auke innsatsen for å leggje til rette for kommersialisering av forskingsresultat, og innføring av «startpakker» for å styrkje universitetet si evne til å konkurrere om dyktige forskarar frå både inn- og utland.
Universitetet prioriterer vidare dei tre store tematiske satsingsområda som vart starta opp i 2001: Funksjonell genomforsking, Funksjonelle materialer og nanoteknologi og Etikkprogrammet.
Vitskaplege publikasjonar 1998-2002
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 2 226 | 2 099 | 2 008 | 1 883 | 2 027 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 742 | 682 | 604 | 382 | 426 |
Faglege bøker/lærebøker | 299 | 257 | 579 | 231 | 278 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 1 149 | 799 | 768 | 909 | 810 |
Totalt | 4 416 | 3 837 | 3 959 | 3 405 | 3 541 |
Samla tal på publikasjonar auka frå 2001 til 2002. Talet på vitskaplege publikasjonar per vitskaplege årsverk er om lag uendra frå 2001 til 2002. Det er ein auke i talet på artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift frå 2001.
Undervisning
Kvalitetsreforma er sett i verk frå hausten 2003. Mykje arbeid er lagt ned i etableringa av ny studiestruktur og heilskapleg studieprogram. Frå hausten 2003 blir dei fleste utdanningane tilbydde som nye bachelor- og masterstudium.
Universitetet i Oslo har utarbeidd ein handlingsplan for oppfølging av den evalueringa som vart gjennomført av institusjonen i 2001. På utdanningssida er det sett i verk tiltak for mellom anna å styrkje grunnutdanninga og betre læringsmiljøet. Universitetet er i ferd med å utvikle ei alternativ organisering, og målsetjinga med denne er å leggje til rette for betre styring og gjennom dette få betre kvalitet på alle nivå i organisasjonen.
Universitetet i Oslo fekk i 2002 ein delt førsteplass under kåringa av departementet sin kvalitetspris for prosjektet Praktisk-pedagogisk utdanning i digitale læringsomgjevnader.
Endring i studieplassar i 2003
I statsbudsjettet for 2003 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar ved allmennfakulteta med 260. Reduksjonen for Universitetet i Oslo var på 120 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare den auken i opptaket som er knytt til 28 studieplassar i medisin og 13 studieplassar i psykologi.
Formidling
Universitetet i Oslo legg vekt på å formidle forskingsresultat til ulike interessegrupper og til publikum. Dette skjer på ulike måtar gjennom publisering i vitskaplege tidsskrift, bøker, populærvitskaplege forelesingar, konferansar, museumsverksemd og utstillingar. Universitetet arbeider aktivt i høve til media og prioriterer deltaking i den offentlege debatten.
Universitetets kulturhistoriske museer (UKM), med Historisk museum og Vikingskiphuset, er Noregs mest besøkte museum. Universitetets naturhistoriske museer og botanisk hage (UNM) er landets største arkiv for botaniske, zoologiske og geologiske data. Samlingane skal tene som basis for forsking, undervisning og formidling. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane og som blir oppbevart i magasin og publikumsutstellingar. Universitetet i Oslo har rapportert om etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingar. Dette har òg Riksrevisjonen peikt på.
Departementet har merkt at UKM har gjennomført ei kartlegging av restansar på området dokumentasjon og bevaring av samlingane og at UNM skal gjere det same ved samlingane sine.
Resultatmål for 2004
Universitetet i Oslo skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
styrkje den faglege leiinga av forskinga og utviklingsarbeidet
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
følgje opp aktuelle fagområdeevalueringar
auke omfanget på publiseringar, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire verksame utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig
utnytte den studiekapasiteten som universitetet har løyving for
sørgje for ei økonomiforvaltning som fører til at universitet kan leggje fram ein fullstendig og korrekt rekneskap for 2003 som er i samsvar med retningslinjene som er utarbeidde av departementet
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 235,2 mill. kroner til Universitetet i Oslo. Av desse er 124,3 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom universiteta med 170 mill kroner. Utteljinga til Universitetet i Oslo i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 63,6 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 47,3 mill. kroner inn i basisløyvinga.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve 5,5 mill. kroner til saman til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Norges teknisk- naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor. 1,4 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Universitetet i Oslo. Universitetet skal samarbeide med høgskolane i regionen om oppfinningar frå desse institusjonane.
Universitetet i Oslo har fått ein auke på 20,4 mill. kroner etter at talet på studiepoengseiningar er auka med 1 071, og talet på utvekslingsstudentar er redusert med tre. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
-6 984 | -2 243 | -755 | -3 225 | 9 247 | 24 386 | -16 | 20 411 |
I budsjettet for 2003 vart talet på studieplassar redusert med netto 120 60-studiepoengseiningar ved Universitetet i Oslo. Det er lagd inn heilårsverknad for 2004. Vidare er det lagt inn midlar til heilårseffekt og vidareføring av auka opptak knytt til 28 studieplassar i medisin og 13 studieplassar i psykologi.
I budsjettet for 2004 er det lagt inn til saman 18,6 mill. kroner i samband med gjenopprettinga av medisinutdanninga ved Akershus Universitetssykehus. Dette er ein reduksjon på 9 mill. kroner i høve til 2003 og skuldast i hovudsak mindrebehov knytt til investering i bygg.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til 55 stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Universitetet i Oslo med verknad frå hausten 2004. For 53 stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004. 14,7 mill. kroner løyvde til strategisk forsking i 2003 er trekte ut av budsjettramma for universitetet og lagde inn til delvis å finansiere nye stipendiatstillingar ved universiteta.
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettrammene til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 7,7 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Universitetet i Oslo.
Regjeringa foreslår å løyve 13 mill. kroner til Senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg, fordelte med om lag 3 mill. kroner til drift og om lag 10 mill. kroner til utstyr. Senteret driv verksemd knytt til forsking, undervisning og formidling på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål. Senteret held til i mellombels lokale ved Universitetet i Oslo fram til restaureringa av Villa Grande er gjennomførd. Regjeringa sitt mål er å gjere Villa Grande til eit kraftsentrum for førebyggjande arbeid mot rasisme, diskriminering og brot på menneskerettar. Det er på kap. 2445 post 31 foreslått å løyve 46 mill. kroner til restaureringa av Villa Grande.
Budsjettramma er redusert med 12,7 mill. kroner som følgje av at resterande midlar til utstyr i Urbygningen vart løyvd i 2003.
Universitetet i Oslo kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Oslo utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 261 Universitetet i Bergen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 1 593 685 | 1 623 346 | 1 763 386 |
Sum kap. 261 | 1 593 685 | 1 623 346 | 1 763 386 |
I høve til 2003 er det gjort m.a. desse tekniske endringane:
Auken i driftsmidlar på 2,1 mill. kroner til årskurs i engelsk i Newcastle er overført frå kap. 281 post 01.
Tilskottet til Ole Bull Akademiet på 1,5 mill. kroner er overført frå kap. 274 post 70.
Budsjettramma er redusert med 3,7 mill. kroner i samband med avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Resultatrapport for 2002-03
Studentar og kandidatar i 2002
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad1 | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | |
Det medisinske fakultet | 307 | 1 195 | 1 294 | 34 | 29 | 151 | 178 | 40 | 38 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (172) | (972) | (987) | (107) | (131) | ||||
Det odontologiske fakultet | 93 | 346 | 346 | 60 | 63 | 3 | 3 | ||
(Av desse profesjonsstudium odontologi) | (52) | (269) | (271) | (44) | (45) | ||||
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet | 1 070 | 2 344 | 2 354 | 788 | 858 | 215 | 182 | 49 | 66 |
Det historisk-filosofiske fakultet | 2 605 | 4 084 | 4 475 | 1 694 | 1 751 | 221 | 191 | 18 | 22 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 1 702 | 2 993 | 3 167 | 1 185 | 1 374 | 178 | 181 | 9 | 16 |
Det psykologiske fakultet | 1 762 | 2 449 | 2 450 | 970 | 903 | 60 | 60 | 8 | 11 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (74) | (407) | (384) | (57) | (56) | ||||
(Av desse praktisk-ped. utdanning) | (120) | (131) | (107) | (132) | (112) | ||||
Det juridiske fakultet | 851 | 1 943 | 1 996 | 372 | 362 | 195 | 219 | 3 | 1 |
Examen philosophicum | 486 | 649 | 607 | 411 | 490 | ||||
Anna | 15 | 33 | |||||||
Sum | 8 876 | 16 0182 | 16 7223 | 5 4544 | 5 7675 | 1 080 | 1 074 | 130 | 157 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
2 Av desse er det 57,3 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 229 personar utan studierett, samt 55 «Andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar). Doktorgradsstudentar er ikkje med i tala.
3 Av desse er det 58,6 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 300 personar utan studierett, samt 56 «Andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar). Doktorgradsstudentar er ikkje med i tala.
4 I tillegg er det avlagt 102 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad og 12 årseksamenar av «Andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar).
5 I tillegg er det avlagt 146 årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad og 12 årseksamenar av «Andre» studentar (Norsk for utanlandske studentar).
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
9 845 | 732 | 611 | -99 |
Forsking
Mykje av forskinga ved Universitetet i Bergen byggjer på naturgitte føresetnader og faglege tradisjonar som er særmerkte for Bergen. Dette gjeld til dømes marin forsking, klimaforsking og molekylærbiologi. I 2003 vart nytt bygg for biologiske basalfag opna, og eit avansert forskingsfartøy vart stilt ferdig i samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet. Andre tyngdepunkt med kortare historie er til dømes internasjonal forsking med fokus på land i den tredje verda, IKT-forsking og kvinne- og kjønnsforsking.
Universitetet satsar målretta og har lagt ned eit stort strategisk arbeid med å etablere solide forskingsmiljø. Universitetet har tre senter for framifrå forsking innanfor petroleumsforsking, middelalderforsking og klimaforsking. I tillegg til desse sentra satsar universitetet på tre andre som fekk god omtale i søknadsprosessen, og på Sars International Centre for Marine Molecular Biology.
Det er gjennomført fleire evalueringar ved Universitetet i Bergen, blant anna av Noregs forskingsråd. Evalueringane har gitt viktige innspel til den interne strategiutviklinga. Evalueringane viser at universitetet har forskarar og forskingsgrupper som held god internasjonal standard, men også at nivået varierer.
Vitskaplege publikasjonar 1997-2002
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 1 383 | 1 194 | 1 248 | 1 259 | 1632 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 238 | 127 | 228 | 152 | 173 |
Faglege bøker/lærebøker | 139 | 154 | 125 | 123 | 167 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 456 | 373 | 343 | 371 | 625 |
Totalt | 2 216 | 1 848 | 1 944 | 1 905 | 2 597 |
Talet på rapporterte publikasjonar har auka markert frå 2001 til 2002 innanfor alle kategoriar.
Undervisning
Universitetet er i godt gjenge når det gjeld innføringa av Kvalitetsreforma hausten 2003, og har modularisert faga, etablert ny studiestruktur og utarbeidd heilskaplege studieprogram.
Universitetet tilbyr tett studentoppfølging og nye vurderingsformer for alle førstesemesterstudentar etter modell av tidlegare vellukka forsøk.
Universitetet i Bergen har eit stort internasjonalt engasjement, men hadde lågare internasjonal studentmobilitet i 2002 enn i 2001.
Endring i talet på studieplassar i 2003
I statsbudsjettet for 2003 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar ved allmenfakulteta med 260. Reduksjonen for Universitetet i Bergen var på 60 studieplassar.
Formidling
For å styrkje formidlingsarbeidet har universitetet, med verknad frå 1. januar 2003, slått saman UMS/Univisjon og universitetet si informasjonsavdeling i ei eiga formidlingsavdeling.
Etter ei gjennomgripande organisatorisk omstilling er Bergen Museum frå 1. januar 2002 sett saman av to vitskaplege einingar; Dei kulturhistoriske samlingar og Dei naturhistoriske samlingar; samt ein felles teknisk-administrativ stab. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane og som blir oppbevart i magasin og publikumsutstellingar. Riksrevisjonen har peikt på eit etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingar ved fleire statlege museum, m.a. Bergen museum.
Universitetet i Bergen hadde i 2002 ei omfattande formidlingsverksemd. Forskingsresultat blir formidla mellom anna gjennom deltaking i prosjekt, utval og komitear, gjennom publikasjonar, populærvitskaplege foredrag, artiklar og TV-produksjonar, deltaking i samfunnsdebatt, kommersialisering og nyskaping.
Universitetet i Bergen samarbeider med samfunns- og arbeidsliv i regionen, mellom anna helseregionane Sør og Vest.
Resultatmål for 2004
Universitetet i Bergen skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader, for eksempel marin forsking
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
styrkje den faglege leiinga av forsking og utviklingsarbeidet
auke omfanget på publiseringa, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
halde fram arbeidet med å følgje opp tilrådingane som vart gitte i Noregsnettrådet si evaluering av institusjonen
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig
utnytte den studiekapasiteten som universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 129,5 mill. kroner til Universitetet i Bergen. Av desse er 63 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom universiteta med 170 mill. kroner. Utteljinga til Universitetet i Bergen i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 37,6 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 28,9 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriomtalen. Midlar til 30 stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Universitetet i Bergen med verknad frå hausten 2004. For 29 stipendiatstillingar tildelte i 2003 er det lagde inn midlar til heilårseffekt i 2004. 7,3 mill. kroner løyvde til strategisk forsking i 2003 er trekte ut av budsjettramma for universitetet og lagde inn til delvis å finansiere nye stipendiatstillingar ved universiteta.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve 5,5 mill. kroner til saman til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor. 1,4 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet for Universitetet i Bergen. Universitetet skal samarbeide med høgskolane i regionen om oppfinningar frå desse institusjonane.
I budsjettet for 2003 vart talet på studieplassar redusert med netto 60 60-studiepoengseiningar ved Universitetet i Bergen. Det er lagt inn heilårsverknad for 2004.
Universitetet i Bergen får ein auke på 24,7 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 732, og talet på utvekslingsstudentar er redusert med 99. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
5 769 | 4 061 | -3 875 | 2 455 | 5 295 | 11 503 | -515 | 24 693 |
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 5 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Universitetet i Bergen.
Budsjettramma er redusert med 20,1 mill. kroner som følgje av at resterande midlar til utstyr til bygg for biologiske basalfag vart løyvd i 2003.
Til vidareføring av bygging av nytt studentsenter i Bergen er det foreslått 10 mill. kroner over kap. 1580 post 31, jf. omtale i budsjettet for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Universitetet i Bergen kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Bergen utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 262 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 2 055 510 | 2 232 589 | 2 398 868 |
Sum kap. 262 | 2 055 510 | 2 232 589 | 2 398 868 |
I høve til 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med 5,1 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har under rekrutteringsprogrammet forvalta åtte stipendiatstillingar som var reservert for statlege høgskolar. I samband med at midlane til desse stipendiatstillingar er foreslått lagde inn budsjettrammene til høgskolane, er 4,4 mill. kroner trekte ut av budsjettramma til universitetet, jf. omtale under kap. 274.
Resultatrapport for 2002-03
Studentar og kandidatar i 2002
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad3 | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | |
Det medisinske fakultet | 109 | 8871 | 5891 | 2 | 56 | 71 | 23 | 15 | |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (109) | (534) | (568) | (56) | (71) | ||||
Det historisk-filosofiske fakultet | 984 | 2 614 | 2 805 | 1 316 | 1 553 | 137 | 148 | 13 | 16 |
Fakultet for samf.vitsk. og tekn. leiing | 1 867 | 5 253 | 6 020 | 1 951 | 2 356 | 339 | 299 | 9 | 20 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (48) | (244) | (258) | (35) | (29) | ||||
(Av desse siv.ing.) | (117) | (548) | (593) | (98) | (80) | ||||
Fakultet for ark., plan og biletkunst | 72 | 447 | 504 | 1 | 69 | 84 | 5 | 5 | |
(Av desse siv.ark.) | (70) | (408) | |||||||
Fakultet med realfag/teknologi2 | 1 846 | 8 248 | 7 988 | 637 | 653 | 1 264 | 1 066 | 124 | 147 |
(Av desse siv.ing.) | (1 373 | (5 959) | (5 900) | (1 179) | (993) | ||||
Examen philosophicum4 | 416 | 659 | 750 | 600 | 600 | ||||
Anna | 303 | 251 | 253 | 367 | 117 | ||||
(Av desse praktisk-pedagogisk utd.) | (303) | (251) | (253) | (119) | (117) | ||||
Sum | 5 597 | 18 3595 | 18 9096 | 4 8727 | 5 2818 | 1 865 | 1 668 | 174 | 203 |
1 For haustsemesteret 2001 har NTNU rapportert medisinstudentar i utlandet (328 personar), som inngår i 2001-talet. For 2002 er ikkje desse rapporterte, men utgjer 301 personar.
2 Her inngår studenttal for følgjande fakultet: Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Fakultet for naturvitenskap og teknologi og Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektronikk, samt registrerte studentar ved institusjonen som heilskap og ved sentraladministrasjonen.
3 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
4 For opptak og registrerte studentar er tala for ex.phil. trekte frå ved Det historisk-filosofiske fakultet. For kandidatar på lågare grad for ex.phil. er 60-studiepoengeiningar fråtrekte Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing og Det historisk-filosofiske fakultet.
5 Av totaltalet er 47,5 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 29 personar utan studierett.
6 Av totaltalet er 47,9 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 14 personar utan studierett.
7 I tillegg er det avlagt tre årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
8 I tillegg er det avlagt ein årseksamen av personar utan studierett på lågare grad
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
12 841 | 904 | 876 | -470 |
Forsking
Forskingsaktiviteten ved NTNU byggjer på tre pilarar: ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil, fagleg breidde og tverrfagleg samarbeid.
Innanfor den teknisk-naturvitskaplege hovedprofilen har NTNU etablert fem tematiske satsingsområde: energi og miljø, marin/maritim, medisinsk teknologi, materiale, informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Andre satsingsområde innanfor den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen er funksjonell genomikk, gassteknikk, og læring med IKT.
Ved skipinga av NTNU fekk universitetet eit særskilt ansvar for å fremme samspelet mellom teknologi, naturvitskap samt humaniora, samfunnsvitskap og medisin. I dag er ei av universitetet sine strategiske satsingar nettopp å styrkje tverrfagleg forsking og utdanning. Satsinga er organisert i eit eige program med det målet å skaffe ny kunnskap i skjeringsfeltet mellom ulike fagdisiplinar. Universitetet har forlengt programmet fram til 2006 etter at ei ekstern evaluering i 2002 tilrådde vidareføring. Tre fagmiljø innanfor tjenestekvalitet i datakommunikasjonssystem, skip og havstrukturar og hugsbiologi fekk i 2002 status som sentre for framifrå forsking og fagmiljø ved universitetet er med i to andre slike sentre. Universitetet har også aukande engasjement i og utteljing frå EU sine rammeprogram for forsking.
Noregs forskingsråd la i 2002 fram fagevalueringar av matematikk, statsvitskap og IKT. Fleire av dei evaluerte fagmiljøa på NTNU fekk god omtale, men ekspertpanela peikte også på utfordringar. Universitetet har sett i gang oppfølging av tilrådingane.
Ei ekstern institusjonsevaluering som vart lagt fram i 2002, peikte på at hovudstrategien ved NTNU ikkje synest å vere godt forankra nedover i organisasjonen. I eit pågåande arbeid med ein heilskapleg FoU-strategi vil universitetet derfor i større grad nytte innspel frå dei einskilde fagmiljøa.
Vitskaplege publikasjonar 1997-2002
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 713 | 879 | 858 | 955 | 953 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 172 | 100 | 129 | 119 | 115 |
Faglege bøker/lærebøker | 121 | 108 | 139 | 136 | 146 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 318 | 242 | 267 | 226 | 243 |
Totalt | 1 324 | 1 329 | 1 393 | 1 436 | 1457 |
Talet på vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift har gått opp i perioden 1998-2002. Det same gjeld for publikasjonar totalt. NTNU publiserer færre internasjonale vitskaplege artiklar per FoU-årsverk enn dei andre universiteta.
Undervisning
Kvalitetsreforma er sett i verk frå hausten 2003. Mykje arbeid er lagt ned i etableringa av ny studiestruktur og heilskaplege studieprogram.
Frå hausten 2003 blir dei fleste utdanningane tilbydde som nye bachelor- og masterstudium. Universitetet har samstundes utvikla nye studium, m.a. femårig lærarutdanning i realfag og teknologi.
Kvalitetsreforma vart følgd opp med eit omfattande fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid. For å setje forsøka inn i ein overordna samanheng oppretta universitetet hausten 2002 fem såkalla læringsarenaer. Formålet med dette er å utvikle og spreie erfaringar i alternative lærings- og vurderingsformer blant faglærarane.
NTNU satsar på det tverrfaglege også i utdanninga og har vedteke at emnet «Ekspertar i team», som vann departementets kvalitetspris for 2002, skal vere obligatorisk for alle studentar som tar ein høgre grad ved universitetet.
For å styrkje rekrutteringa til realfag og teknologi har universitetet ført vidare målretta tiltak som til dømes prosjektet DataLos. To av dei tre nasjonale sentra for realfag, som går inn i Regjeringa si realfagsatsing for 2002-07, er lokaliserte på NTNU.
Endring i talet på studieplassar i 2003
I statsbudsjettet for 2003 vart det vedteke å redusere talet på studieplassar på lågare grad ved allmennfakulteta med 260. Reduksjonen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet var på 60 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare auken i opptaket knytt til ni studieplassar i medisin og 33 studieplassar i sivilingeniørutdanninga.
Formidling
I tillegg til den tradisjonelle formidlinga av vitskapleg aktivitet gjennomfører NTNU eit langsiktig strukturelt arbeid for å betre formidlinga, m.a. ved å gjere informasjon tilgjengeleg på nettet. Universitetet legg vekt på å sjå formidlingstiltaka som ei forlenging av forskingsverksemda. NTNU har gjennomført fleire tverrfaglege kunst- og kulturorienterte arrangement retta mot allmenta. NTNU har sett i gang tiltak for å heve formidlingskompetansen hos dei vitskapleg tilsette.
Dei vitskaplege samlingane er basis for Vitskapsmuseets verksemd. Samlingane er eit resultat av vitskaplege undersøkingar, og dei skal vere tilgjengelege for brukarar innanfor forsking, forvaltning og samfunnet elles. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane og som blir oppbevart i magasin og publikumsutstellingar. Vitskapsmuseet har rapportert om etterslep i arbeidet med dokumentasjon, sikring og bevaring av samlingane sine.
Universitetet sitt samarbeid med samfunns- og næringsliv har auka dei siste åra, noko som viser seg i veksten i den eksternt finansierte verksemda. Universitetet har ein eigen strategi for å auke nyskapinga. Målet er å integrere næringsutvikling i dei tre primæroppgåvene utdanning, forsking og formidling. Universitetet ønskjer å betre overgangen frå studium til yrkesliv, og har i gang eit prosjekt der kvinnelege kandidatar vert følgde frå teknologistudia og inn i arbeidslivet.
Resultatmål for 2004
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
halde fram og utvikle vidare satsingane på grunnleggjande forsking og forskarutdanning innanfor teknologi, der universitetet har eit særskilt nasjonalt ansvar
styrkje den faglege leiinga av forskinga og utviklingsarbeidet
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
halde fram med arbeidet for å ivareta universitetet sitt særskilde ansvar for tverrfagleg forsking og utdanning og for at kvinner og deira perspektiv kjem aktivt med på dei teknisk-naturvitskaplege områda
auke omfanget på publisering, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
halde fram i arbeidet med å følgje opp tilrådingane i Norgesnettrådet si evaluering av universitetet og følgje opp aktuelle fagområdeevalueringar
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig. Det er òg nødvendig å arbeide for ei kulturendring på dei fagområda som ikkje prioriterer internasjonal publisering og formidling høgt nok
utnytte den studiekapasiteten som universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2004
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 157,3 mill. kroner til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Av desse er 72,1 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom universiteta med 170 mill. kroner. Utteljinga til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 50,3 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 34,9 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til 34 stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet med verknad frå hausten 2004. For 33 stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagde inn midlar til heilårseffekt i 2004. 8,1 mill. kroner som er løyvde til strategisk forsking i 2003, er trekte ut av budsjettramma for universitetet og lagde inn til delvis å finansiere nye stipendiatstillingar ved universiteta.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve 5,5 mill. kroner til saman til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor. 1,4 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Universitetet skal samarbeide med høgskolane i regionen om teknologi overføring frå desse institusjonane.
I budsjettet for 2003 vart talet på studieplassar reduserte med netto 60 60-studiepoengseiningar ved Noregs tekniske-naturvitskaplege universitet. Det er lagt inn heilårsverknad for 2004. Ordninga med kjøp av studieplassar i medisin i utlandet, administrert av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, er redusert mot tilsvarande auke i opptaket ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø, jf. omtalen under kap. 260 og 263. Auken ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø svarar til høvesvis 28 og ni studiepoengseiningar. Som følgje av dette er det lagt inn midlar til heilårsverknad og vidareføring av auka opptak tilsvarande ni studieplassar i medisinutdanninga ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Vidare er det lagt inn midlar til heilårsverknad av 33 studieplassar i sivilingeniørutdanninga.
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 6,0 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet får ein auke på 26,2 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 904 og talet på utvekslingsstudentar er redusert med 470. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
770 | 773 | 271 | 16 353 | -2 613 | 13 070 | -2 444 | 26 178 |
Budsjettramma er redusert med 46 mill. kroner som følgje av at resterande midlar til Restprosjekta vart løyvd i 2003. Budsjettramma er auka med 2,2 mill. kroner til resterande løyving til utstyr til Restprosjekta.
Budsjettramma er auka med 15 mill. kroner i samband med at første del av midlane til utstyr, til ny universitetsklinikk i Trondheim, er foreslått løyvd i 2004.
Norges teknisk-naturvitskaplege universitet kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Norges teknisk-naturvitskaplege universitet utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 263 Universitetet i Tromsø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 890 105 | 984 309 | 1 070 808 |
Sum kap. 263 | 890 105 | 984 309 | 1 070 808 |
I høve til 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med 2,3 mill. kroner i samband med avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Det er overført 1,8 mill. kroner frå kap. 751 post 70 på budsjettet til Helsedepartementets knytte til 16 studieplassar i farmasi som vart oppretta i 2001 og 2002.
Resultatrapport for 2002-03
Studentar og kandidatar i 2002
Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lågare grad1 | Hovudfag/ profesjon | Doktorgrad | |||||||
2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | 2001 | 2002 | |
Det medisinske fakultet | 288 | 1 021 | 1 015 | 136 | 156 | 111 | 111 | 22 | 17 |
(Av desse profesjonsstudium medisin) | (99) | (515) | (533) | (59) | (57) | ||||
(Av desse profesjonsstudium farmasi) | (34) | (126) | (140) | (20) | (13) | ||||
Noregs fiskerihøgskole | 125 | 533 | 554 | 92 | 95 | 50 | 51 | 14 | 7 |
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet | 286 | 557 | 550 | 267 | 257 | 48 | 47 | 13 | 14 |
Det humanistiske fakultet | 332 | 594 | 552 | 201 | 209 | 20 | 29 | 2 | 7 |
Det samfunnsvitskaplege fakultet | 521 | 1 566 | 1 516 | 519 | 527 | 122 | 116 | 10 | 10 |
(Av desse profesjonsstudium psykologi) | (23) | (127) | (124) | (24) | (25) | ||||
Det juridiske fakultet | 189 | 525 | 453 | 88 | 110 | 55 | 35 | 1 | |
Examen philosophicum | 602 | 398 | 532 | 172 | 170 | ||||
Anna | 144 | 182 | 199 | 80 | 88 | ||||
(Av desse praktisk-ped. utdanning) | (97) | (125) | (128) | (79) | (87) | ||||
Sum | 2 487 | 5 3762 | 5 3713 | 1 5554 | 1 6125 | 406 | 389 | 62 | 55 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad. Personar som har bestått same eksamen tidlegare (gjentak), og personar utan studierett er ikkje med.
2 Av desse er det 56,9 pst. kvinner. I tillegg er det registrert 20 personar utan studierett. Doktorgradsstudentar er ikkje med i tala.
3 Av desse er det 57,4 pst. kvinner. I tillegg er det registrert sju personar utan studierett. Doktorgradsstudentar er ikkje med i tala.
4 I tillegg er det avlagt sju årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
5 I tillegg er det avlagt to årseksamenar av personar utan studierett på lågare grad.
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
3 483 | 365 | 125 | -152 |
Forsking
Universitetet i Tromsø legg vekt på å utvikle vidare ein fagleg profil som speglar at universitetet er lokalisert i nord. Arktisk forsking og undervisning, fiskeriforsking og utdanning innanfor fiskeri, marine fag og forsking og undervisning knytt til urbefolkning/samiske forhold er derfor prioriterte område. Universitetet tek også omsyn til nasjonale prioriteringar, slik at både det marine feltet og aktivitetar knytte til FUGE er styrkte. Universitetet sin handlingsplan for forsking tek utgangspunkt i følgjande satsingsområde:
nordområdeforsking
nordlysforsking/romforsking
samfunnsmedisinsk forsking
forsking om fleirkulturelle og fleirspråklege tilhøve
forsking om samiske tilhøve.
Fleire fagområde er evaluerte av Forskingsrådet, og desse evalueringane har gitt viktige innspel til den interne strategiutviklinga. Evalueringane viser at universitetet har forskarar og forskingsgrupper som held god internasjonal standard, men også at nivået varierer. Delar av universitetet sitt budsjett blir fordelte med ei strategisk grunngiving, mellom anna midlar til rekrutteringsstipend og til postdoktorstillingar.
Universitetet sitt forskingsmiljø innanfor teoretisk lingvistikk fekk i 2002 status som senter for framifrå forsking.
Vitskaplege publikasjonar 1997-2002
1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |
---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 513 | 546 | 522 | 559 | 661 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 176 | 189 | 182 | 133 | 169 |
Faglege bøker/lærebøker | 37 | 19 | 38 | 13 | 31 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 111 | 111 | 126 | 106 | 120 |
Totalt | 837 | 865 | 868 | 811 | 981 |
Talet på rapporterte publikasjonar har auka i alle kategoriar frå 2001 til 2002, etter ein nedgang totalt i 2001.
Undervisning
Universitetet er godt i gjenge med innføringa av Kvalitetsreforma frå hausten 2003, og har utvikla den nye studie- og gradsstrukturen i 2002 og 2003. Det er lagt vekt på å få til nyskapande studietilbod med tverrfagleg profil. Høve til opphald i utlandet er lagt inn i kvart studieprogram. Parallelt har universitetet arbeidd med nye lærings- og vurderingsformer. Fleire av masterstudia er paraplyprogram, og rommer ei rekkje ulike fordjupingar eller studieretningar.
Universitetet har utvikla tre nye lærarutdanningar som består av femårige integrerte masterstudium.
Universitetet legg vekt på å ha ein fagleg brei profil som i størst mogleg grad møter behovet for akademisk arbeidskraft i landsdelen. Arbeidet med fagutvikling og faglege satsingsområde har vore i tråd med vedtekne strategi, ansvars- og satsingsområde ved institusjonen.
Endring i talet på studieplassar i 2003
I statsbudsjettet for 2003 blei det vedteke å redusere talet på studieplassar ved allmenfakulteta med 260. Reduksjonen for Universitetet i Tromsø var på 20 studieplassar. Det vart lagt inn midlar til å føre vidare auken i opptaket knytt til 14 studieplassar i medisin og åtte studieplassar i farmasi.
Formidling
Eit hovudmål for formidlingsaktiviteten ved universitetet er å bringe forskingsbasert kunnskap til allmenta både for å medverke til å sikre ei kunnskapsplattform, og for å vere brukarretta i høve til ulik etterspurnad. Universitetet legg vekt på å synleggjere relevansen for samfunnet, og for å skape allmenn forståing for verksemda.
Formidling av kunnskap og forskingsresultat frå fagmiljøa til samfunnet omkring skjer på mange ulike måtar, blant anna gjennom utstillingar ved Tromsø museum, gjennom foredrag, populærvitskaplege tidsskrifter og artiklar, ved deltaking på Forskingsdagane og Forskingstorget, og gjennom å arrangere «Ope hus» og «Open dag», og «Lørdagsuniversitetet» med populærvitskaplege foredrag.
Universitetet har i aukande grad teke i bruk elektroniske formidlingskanalar som Internett, film og multimedia.
Hovudoppgåvene til Tromsø museum er å bevare vitskaplege samlingar og drive forsking og formidling. Museet har særleg ansvar for fagområda botanikk, geologi, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie og samisk etnografi i Nord-Noreg og nordområda. Universitetsmusea forvaltar ei mengd unike og kostbare gjenstandar, kulturgjenstandar og vitskapleg materiale som inngår i samlingane og som blir oppbevart i magasin og publikumsutstellingar.
Resultatmål for 2004
Universitetet i Tromsø skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
føre vidare arbeidet med å unytte dei naturlege føresetnadene det har for strategisk forskingssatsing innanfor marine fag, biologi, medisin, teknologi, fysikk, samisk-/urfolksspørsmål og språk. I det strategiske arbeidet vil den nordlege og arktiske dimensjonen vere framtredande
styrkje den faglege leiinga av forsking og utviklingsarbeid
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
auke omfanget på publiseringa ytterlegare, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
følgje opp aktuelle fagområdeevalueringar
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig
utnytte den studiekapasiteten som universitetet har løyving for
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, bygg og vedlikehald, kjøp av eigedom og refusjon for bruk av sjukehus.
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 52,5 mill. kroner til Universitetet i Tromsø. Av desse er 24,2 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom universiteta med 170 mill kroner. Utteljinga til Universitetet i Tromsø i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 18,5 mill kroner. Det er vidare foreslått å leggje 9,9 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriomtalen. Midlar til 17 stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Universitetet i Tromsø med verknad frå hausten 2004. For 16 stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004. 3,3 mill. kroner som er løyvde til strategisk forsking i 2003, er trekte ut av budsjettramma for universitetet og lagde inn til delvis å finansiere nye stipendiatstillingar ved universiteta.
Regjeringa foreslår 17,5 mill. kroner til nytt studium i odontologi ved Universitetet i Tromsø for 2004. Av desse er 1,7 mill. kroner førte vidare frå 2003. Det vil bli oppretta ti studieplassar frå hausten 2004, og kapasiteten vil bli gradvis bygd opp.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve 5,5 mill. kroner til saman til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor. Kr 650 000 er foreslått lagde inn i budsjettet for Universitetet i Tromsø. Universitetet skal samarbeide med høgskolane i regionen om oppfinningar frå desse institusjonane.
I budsjettet for 2003 vart talet på studieplassar redusert med netto 20 60-studiepoengseiningar ved Universitetet i Tromsø. Det er lagt inn heilårsverknad for 2004.
Regjeringa foreslår ein auke i budsjettet for 2004 knytt til heilårsverknad av 14 studieplassar og vidareføring av auka opptak på ni studieplassar i medisin. Vidare foreslår Regjeringa ein auke til heilårsverknad og vidareføring av åtte studieplassar i farmasi.
Universitetet i Tromsø får ein auke på 18,3 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 365, og talet på utvekslingsstudentar er redusert med 152. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
11 662 | -521 | 660 | 3 612 | 634 | 3 062 | -790 | 18 319 |
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 2 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Universitetet i Tromsø.
Til vidareføring av bygging av Teorifagsbygget er det foreslått løyvd 60,2 mill. kroner på kap. 1580 post 31, jf. omtale i budsjettet for Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Regjeringa foreslår vidare ei utstyrsløyving til Teorifagsbygget på 35,9 mill. kroner i 2004. Dette er ein reduksjon på 19,1 mill. kroner frå 2003.
Universitetet i Tromsø kan nytte inntekter frå sal av eigedommar til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål ved universitetet, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Universitetet i Tromsø utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 264 Noregs handelshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 209 882 | 211 905 | 233 697 |
Sum kap. 264 | 209 882 | 211 905 | 233 697 |
I høve til 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med 0,5 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Resultatrapport for 2002-03
Opptakstal, studenttal og kandidatar i 2002
2001 | 2002 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Siviløkonomstudiet | 2 107 | 376 | 446 | 2 054 | 327 |
Cand.merc./Cand.oecon. | 136 | 28 | 71 | 225 | 22 |
Høgare revisor studium | 319 | 90 | 134 | 323 | 82 |
Master of International Business | 62 | 27 | 21 | 55 | 32 |
Doktorgrad | 22 | 11 | 4 | 47 | 11 |
Praktisk pedagogisk utdanning, eittårige studium i språk | 100 | 51 | 64 | 66 | 56 |
Sum | 2 7461 | 583 | 740 | 2 7702 | 530 |
1 I tillegg er det registrert 27 personar utan studierett.
2 I tillegg er det registrert 28 personar utan studierett.
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
1 934 | 114 | 374 | 7 |
Noregs handelshøgskole har vedteke ein ny strategisk plan som skal gjelde i perioden 2003-08. Ei sentral målsetjing for høgskolen i denne planen er å vere ein leiande institusjonen i innanfor økonomisk-administrative fag. Høgskolen har mellom anna ei særleg plikt til å gi forskarutdanning på desse fagområda. Den nye strategiske planen angir strategiske prioriteringar for forskinga framover, og høgskolen vil arbeide med å synleggjere desse.
Både på sentralt hald og ved institutta har det vore arbeidd med å utvikle vidare incentivordningar for å stimulere forskingsinnsatsen, særleg ved synleggjering av vitskapleg arbeid.
Vitskaplege publikasjonar i 1997-2002
19971 | 19982 | 1999 | 2000 | 20013 | 20024 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift | 59 | 52 | 65 | 55 | 47 | 65 |
Artiklar i nasjonale vitskaplege tidsskrift | 44 | 37 | 14 | 15 | 7 | 4 |
Faglege bøker/lærebøker | 25 | 23 | 35 | 19 | 17 | 15 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 35 | 55 | 33 | 41 | 36 | |
Totalt | 128 | 147 | 169 | 122 | 112 | 120 |
1 I tillegg kjem 42 kapittel eller artiklar som tidlegare vart fordelte på høvesvis internasjonale og nasjonale publikasjonar, og 69 vitskaplege arbeid presenterte på nasjonale fagkonferansar.
2 I tillegg kjem 54 vitskaplege arbeid presenterte på fagkonferansar og 25 leiarar, kommentarar publiserte i tidsskrift og dagspresse.
3 I tillegg kjem 57 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskningspersonale.
4 I tillegg kjem 76 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskningspersonale. Av desse er det 26 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Det er ei auke i talet på rapporterte artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift frå 2001 til 2002. Som tidlegare er det stor variasjon i publiseringa mellom institutta.
I 2002 vart det vedteke ein ny fagleg strategi ved høgskolen. Noregs handelshøgskole skal vere ein handelshøgskole med særleg fokus på kunnskapsbehova i bedrifter og hos andre aktørar. Fagleg breidd har vore, og skal framleis vere, eit særleg kjenneteikn ved institusjonen.
Den faglege aktiviteten i 2002 og 2003 har i stor grad vore prega av omstilling, tilpassing og omlegging til ny gradsstruktur. Det fireårige siviløkonomstudiet vil bli lagt om til eit femårig studieløp sett saman av eit treårig bachelorsstudium og eit toårig master studium. Dei eittårige språkstudia i tysk og fransk vil bli fasa ut. Profil og organisering av masterstudia er gjennomgått.
Høgskolen legg særleg vekt på ansvaret for å formidle ny økonomisk innsikt og nye økonomiske metodar for økonomisk analyse, og for å fungere som premissleverandør for vedtak i næringslivet, og for utforming av den økonomiske politikken.
Blant særlege formidlingstiltak ved høgskolen kan nemnast lærebøker og brukarretta forskingsrapportar, populærvitskaplege artiklar og kronikkar.
Formidlingsverksemda har vore intensivert i 2003 ved at det vart teke i bruk nye incentivsystem som påskjønner evne og vilje til å gjere forskingsresultat synlege for allmenta.
Resultatmål for 2004
Noregs handelshøgskole skal:
føre vidare arbeidet med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
styrkje den faglege leiinga av forskinga og utviklingsarbeidet
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
auke omfanget av publiseringa, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
føre vidare det faglege samarbeidet innanfor økonomisk-administrative fag som er etablert mellom Noregs handelshøgskole, statlege høgskolar, universitet og andre, mellom anna om professor II-stillingar, samarbeid om studietilbod og doktorgradsutdanning
føre vidare aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er framleis nødvendig
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for.
Budsjettforslag for 2004
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 14,7 mill. kroner til Noregs handelshøgskole. Av desse er 6,8 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei vitskaplege høgskolane med 10 mill. kroner. Utteljinga til Noregs handelshøgskole i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 1,8 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 6,2 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til tre stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs handelshøgskole med verknad frå hausten 2004. For to stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004.
Noregs handelshøgskole får ein auke på 4,2 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 114 og talet på utvekslingsstudentar er auka med sju. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 0 | 0 | 4 391 | -264 | 86 | 36 | 4 249 |
I samband med at siviløkonomutdanninga skal inngå i den nye gradsstrukturen med 3-årig bachelor som lågare grad og 2-årig master som høgare grad, er budsjettramma foreslått auka med 2,1 mill. kroner.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs handelshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 265 Arkitekthøgskolen i Oslo
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 47 852 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 9 127 | ||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 091 | ||
50 | Statstilskott | 75 726 | 81 919 | |
Sum kap. 265 | 60 070 | 75 726 | 81 919 |
I høve til 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med 0,2 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Resultatrapport for 2002-03
Opptakstal, studenttal og kandidatar i 2002
2001 | 2002 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Sivilarkitektstudiet | 246 | 33 | 46 | 259 | 36 |
Sivilindustridesignstudiet | 95 | 12 | 24 | 95 | 12 |
Master of Art | |||||
Doktorgrad | 38 | 3 | 20 | 50 | 3 |
Sum | 379 | 48 | 90 | 404 | 51 |
Kilde: DBH.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
290 | 44 | 38 | -10 |
Høgskolen har vedteke ein ny strategisk plan som skal gjelde i perioden 2003-05. Ei sentral målsetjing er ønsket om å vere ein leiande institusjon innanfor arkitektur, urbanisme og industridesign. Høgskolen har mellom anna ei særleg plikt til å gi forskarutdanning på desse fagområda, og høgskolen stadfester i strategien at han har eit monaleg potensial til å styrkje seg som forskings- og utviklingsinstitusjon.
Den nye strategiske planen peiker på strategiske prioriteringar for den faglege verksemda framover, og høgskolen vil arbeide med å synleggjere desse. Mellom anna skal ein heilskapleg strategi for forsking og utviklingsarbeid vere på plass i løpet av vårsemesteret 2004.
Talet på artiklar i internasjonale tidsskrift har gått noko opp i dei siste åra. Sett i samanheng med at 30 årsverk ved høgskolen er tilsette med doktorgradskompetanse, er det likevel rom for ein auke i omfanget av den akademiske kunnskapsutviklinga.
Ein stor del av kunnskapsutviklinga ved høgskolen vil vere i form av kunstnarleg, designmessig og arkitektonisk utviklingsarbeid. Slik verksemd resulterer ofte i det som best kan karakteriserast som arkitektoniske og kunstnarlege verk. Derfor har høgskolen utvikla eit system for dokumentasjon av slike verk som kan utfylle dei meir akademiske systema for forskingsdokumentasjon, jf. omtale under kategoriinnleiinga. I 2002 registrerte høgskolen fem arkitektoniske/kunstnarlege verk og fire premierte konkurransebidrag.
Frå og med opptaket hausten 2003 vil utdanninga i industridesign vere utvida med eit halvt år til eit femårig integrert masterstudium. Høgskolen har valt å nytte det ekstra semestret til å leggje auka vekt på teoretisk og estetisk kunnskap. Utdanninga i arkitektur ved Arkitekthøgskolen i Oslo skal framleis vere 5 års integrert masterstudium, jf. Innst. S. nr. 188 (2001-2002) og St.meld. nr. 11 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om vurderinger av enkelte unntak fra ny gradsstruktur i høyere utdanning.
Strategisk plan 2002-05 for Arkitekthøgskolen stadfester at styrken til høgskolen har vore den prosjektorienterte og profesjonsførebuande undervisninga. Det strategiske hovudmålet er no å kvalitetssikre og utvikle vidare denne undervisninga innanfor dei sentrale fagfelta på høgskolen. Særleg industridesignutdanninga er inne i ein utviklingsperiode.
Høgskolen har vedteke at vidareutdanninga i hovudsak bør konsentrerast om formaliserte tresemesters utdanningar på masternivå.
Høgskolen har mange internasjonale studentar, mens langt færre av dei norske studentane tek studieopphald i utlandet.
Dei nye lokala har gjort det mogleg å opne og profilere høgskolen for eit større publikum og ha ein større grad av samvirke med profesjonelle og kulturelle miljø. Høgskolen har valt å utvikle vidare profilen sin som vertskap for eksterne faglege arrangement, og har som mål å styrkje utstillingsverksemda.
Høgskolen er i ferd med å intensivere forskings- og utviklingsarbeid som har kommersiell relevans. Dette gjeld i første rekkje for verksemda på fagområda industridesign og urbanisme.
Resultatmål for 2004
Arkitekthøgskolen i Oslo skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking, utviklingsarbeid og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
føre vidare det langsiktige arbeidet med å styrkje høgskolen som forskings- og utviklingsinstitusjon, jf. måla i nye strategiske planen til høgskolen, og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
styrkje den faglege leiinga av forskinga og utviklingsarbeidet
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
auke aktivitetsnivået når det gjeld internasjonalt samarbeid, studentutveksling og forskarutveksling, særleg utanlandsopphald både for studentar og personell. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig
halde fram med utviklinga av system for dokumentasjon av kunstnarleg, designmessig og arkitektonisk utviklingsarbeid
utnytte den studiekapasiteten som høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2004
For å finansiere Kvalitetsreforma vert det i budsjettet for 2004 foreslått 2 mill. kroner til Arkitekthøgskolen i Oslo. Av desse er 1 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei vitskaplege høgskolane med 10 mill. kroner. Utteljinga til Arkitekthøgskolen i Oslo i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med kr 406 000. Det er vidare foreslått å leggje kr 651 000 inn i basisløyvinga.
Det er lagt inn midlar i budsjettramma til heilårsverknad og vidareføring av ni studieplassar i sivilindustridesign.
Arkitekthøgskolen i Oslo får ein auke på 3,2 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 44, og talet på utvekslingsstudentar er redusert med ti. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 3 292 | 0 | 0 | 0 | 0 | -52 | 3 241 |
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til ei stipendiatstilling er foreslått lagde inn i budsjettramma til Arkitekthøgskolen i Oslo med verknad frå hausten 2004.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Arkitekthøgskolen i Oslo utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 95 582 | 99 912 | 106 070 |
Sum kap. 268 | 95 582 | 99 912 | 106 070 |
I høve til 2003 er det m.a. gjort følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med 0,2 mill. kroner, noko som skuldast avviklinga av el-avgifta for mellom anna universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Resultatrapport for 2002-03
Opptak, registrerte studentar og kandidattal for dei ulike studietilboda ved høgskolen går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2002
2001 | 2002 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Lågare grad | 430 | 3601 | 536 | 574 | 3551 |
Hovudfag | 130 | 40 | 59 | 191 | 44 |
Doktorgrad | 30 | 9 | 7 | 38 | 1 |
Sum | 5902 | 409 | 602 | 803 | 400 |
1 Årseksamenar (60-studiepoengseiningar) på lågare grad.
2 I tillegg er det registrert 17 personar utan studierett.
Kilde: DBH.
Høgskolen er i godt gjenge når det gjeld innføringa av Kvalitetsreforma. Blant anna har høgskolen gått igjennom det samla studietilbodet og utvikla seks bachelorprogram og eitt masterprogram. Førsteåret er felles for alle bachelorprogramma.
Høgskolen satsar på etter- og vidareutdanning og fleksibel undervisning. Høgskolen har utvikla attraktive vidareutdanningstilbod og teke i bruk IKT-støtta undervisning på studiestaden.
Høgskolen held på med å utvikle ein ny modell for organiseringa av det vitskaplege personalet og forskningsmessige tyngdepunkt. Ein planlegg å innføre modellen 1. januar 2004.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
451 | 0 | 16 | -12 |
Vitskaplege publikasjonar 1997-2001
Kap. 268 Noregs idrettshøgskole | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 34 | 32 | 24 | 34 | 27 | 22 |
Faglege bøker/lærebøker | 4 | 13 | 14 | 7 | 9 | 9 |
Kapittel i faglege bøker og lærebøker | 7 | 18 | 35 | 20 | 21 | 22 |
Totalt | 451 | 632 | 73 | 613 | 574 | 535 |
1 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert ni vitskaplege publikasjonar.
2 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 16 vitskaplege publikasjonar.
3 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt elleve vitskaplege publikasjonar.
4 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 45 vitskaplege publikasjonar. Av desse er det 32 foredrag ved vitskaplege konferansar.
5 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert totalt 87 vitskaplege publikasjonar. Av desse er det 57 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Publiseringa av internasjonale og nasjonale artiklar har gått noko ned i 2002. Noregs idrettshøgskole har sett i verk tiltak for å auke den internasjonale publiseringa.
Resultatmål for 2004
Noregs idrettshøgskole skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
styrkje den faglege leiinga av forskinga og utviklingsarbeidet
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
auke omfanget av publiseringa, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig. Den internasjonale studentutvekslinga bør bli betre
følgje opp den eksterne forskingsevalueringa
utnytte den studiekapasiteten som høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2004
For å finansiere Kvalitetsreforma blir det i budsjettet for 2004 foreslått om lag 3,7 mill. kroner til Noregs idrettshøgskole. Av desse er 1,7 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei vitskaplege høgskolane med 10 mill. kroner. Utteljinga til Noregs idrettshøgskole i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med om lag 0,6 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje om lag 1,4 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til ei stipendiatstilling er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs idrettshøgskole med verknad frå hausten 2004. For to stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004.
Noregs idrettshøgskole får ein reduksjon på 0,1 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er noko redusert og talet på utvekslingsstudentar er redusert med tolv. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i 1000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 0 | 0 | -255 | -2 | 180 | -62 | -139 |
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 1,5 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Noregs idrettshøgskole.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs idrettshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 269 Noregs musikkhøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 101 016 | 110 058 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 1 222 | 1 200 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 2 339 | 2 359 | |
50 | Statstilskott | 118 165 | ||
Sum kap. 269 | 104 577 | 113 617 | 118 165 |
I høve til 2003 er det m.a. gjort følgjande tekniske endringar:
I samband med overgang til nettobudsjettering er utgiftsløyvinga samla på ny post 50. Inntektsløyvingane på til saman om lag 1,5 mill. kroner under kap. 3269 er trekte ut, og utgiftsløyvinga er redusert tilsvarande.
Budsjettramma er redusert med 0,3 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for mellom anna universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Resultatrapport for 2002-03
Opptak, registrerte studentar og kandidattal for dei ulike studietilboda ved høgskolen går fram av følgjande tabell:
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2002
2001 | 2002 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Kandidatstudiet | 294 | 54 | 104 | 305 | 66 |
Hovudfags-/diplomstudiet | 135 | 29 | 50 | 141 | 30 |
Doktorgrad | 9 | 0 | 6 | 15 | 1 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 12 | 5 | 10 | 11 | 10 |
Vidareutdanning1 | 65 | 44 | 60 | ||
Totalt | 515 | 88 | 214 | 532 | 107 |
1 Vidareutdanning er inkludert programmer som Noregs musikkhøgskole har lagt på lågare grad.
Kilde: DBH.
Noregs musikkhøgskole utdannar skapande og utøvande musikarar, musikkpedagogar og musikkterapeutar med meir. Kandidatutdanningane ved høgskolen er lagde om frå 2002, men dei er framleis fireårige. Ny struktur for utdanningane på høgre grad blir sett i verk frå 2004. Musikkhøgskolen har etablert eit doktorgradsprogram, og den første doktorgradskandidaten vart ferdig i 2002. Noregs musikkhøgskole har i dei siste åra styrkt sitt internasjonale engasjement, og koordinerer mellom anna Sibelius-nettverket med 31 nordiske institusjonar.
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
382 | 46 | 37 | -25 |
Institusjonen er engasjert i fleire forskingsprosjekt på feltet sitt innanfor tradisjonell forsking. Noregs musikkhøgskole har innført differensiert tildeling av FoU-ressursane til sine tilsette.
Departementet har oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med St.meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høgre kunstutdanning. Programmet skal vere ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. Det nye stipendprogrammet omfattar blant anna fagområda ved Noregs musikkhøgskole. Det vart lyst ut seks stipend våren 2003. I budsjettet for 2004 er det foreslått å tildele tre nye stipendiatstillingar, jf. kap. 281.
Kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling er sentrale aktivitetar ved Noregs musikkhøgskole, og meir enn 200 offentlege konsertar blei arrangert i 2002.
Resultatmål for 2004
Noregs musikkhøgskole skal:
fullføre omlegginga av studiestrukturen og arbeide vidare for å auke fullføring på høgre grad
utvikle vidare og systematisere arbeidet med kvalitetssikring
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og arbeidsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
styrkje arbeidet med langsiktige strategiar for forskinga og framleis arbeide for å fremme spesialisering og konsentrasjon på område der institusjonen har særlege føresetnader
styrkje den faglege leiinga av forskinga og utviklingsarbeidet
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig. Den internasjonale studentutvekslinga bør bli betre
styrkje samarbeidet med Kunsthøgskolen i Oslo om operautdanning, jf. St.meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høgre kunstutdanning
utnytte den studiekapasiteten høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2004
For å finansiere Kvalitetsreforma blir det i budsjettet for 2004 foreslått om lag 2,9 mill. kroner til Noregs musikkhhøgskole. Av desse er 1,4 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma, er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei vitskaplege høgskolane med 10 mill. kroner. Utteljinga til Noregs musikkhøgskole i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med om lag 0,6 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje om lag 0,9 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriomtalen. Midlar til ei stipendiatstilling er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs musikkhøgskole med verknad få hausten 2004. For ei stipendiatstilling tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårsverknad i 2004.
Noregs musikkhøgskole får ein auke på 3,1 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 46 og talet på utvekslingsstudentar er redusert med 25. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i 1000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 3 083 | 0 | -2 | 155 | 0 | -130 | 3 106 |
Byggeprosjektet ved Noregs musikkhøgskole fekk startløyving i i samband med handsaminga av revidert budsjett for 2003. Det er foreslått midlar til vidareføring av prosjektet, jf. kap. 2445 på Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett.
Departementet foreslår at Noregs musikkhøgskole går over til nettobudsjettering frå 1. januar 2004, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og 5.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs musikkhøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3269 Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 1 200 | 1 200 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 2 039 | 312 | |
06 | Inntekter ved konsertar og tenester | 1 594 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 449 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 79 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 898 | ||
Sum kap. 3269 | 6 259 | 1 512 |
Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 269.
Kap. 270 Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskott til lengre reiser , overslagsløyving | 51 400 | ||
71 | Tilrettelegging av studium i utlandet | 7 925 | 4 537 | 4 700 |
73 | Tilskott til studentbarnehagar | 73 281 | 76 360 | 79 109 |
74 | Tilskott til velferdsarbeid | 56 575 | 53 915 | 53 495 |
75 | Tilskott til bygging av studentbustader , kan overførast | 264 430 | 199 959 | 170 158 |
Sum kap. 270 | 453 611 | 334 771 | 307 462 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 74 er auka med om lag 1,8 mill. kroner som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 74 er nedjustert med 4,1 mill. kroner i samband med at ansvaret for studenthelsetjenesta er overført til Helsedepartementet. Sjå St.prp. nr. 1 (2003-2004) Helsedepartementet, kap. 732 postane 71, 73 og 74.
Post 75 er nedjustert med 1 mill. kroner i samband med at Husbanken frå 1. oktober 2003 tar over dei oppgåvene som i dag ligg til Rådgjevande organ for studentbustadbygging (ROS). Midlane er overførte til Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, jf. kap. 2412 post 01.
Post 70 Tilskott til lengre reiser, overslagsløyving
Forvaltninga av tilskottsordninga er overført til Samferdselsdepartementet frå og med 2003, sjå omtale under kap. 1330 post 73. Tilskottsordninga gjaldt moderasjon ved lengre reiser for elevar og studentar som nytta Noregs Statsbaner BA (NSB), Troms Fylkes Dampskibsselskap AS og Nord-Noreg Bussen. I 2002 vart det utbetalt om lag 51 mill. kroner til dei tre selskapa.
Post 71 Tilrettelegging av studium i utlandet
Forvaltninga av tilskottsordninga er noko endra frå og med 2003. I 2002 vart det gitt tilskott til studiesentra i York, Kiel og Caen. I tillegg vart det gitt tilskott til Noregs Hus i Paris og til Fulbright-programmet. Frå 2003 er forvaltninga av tilskotta til Det norske studiesenteret i Storbritannia og Det tysk-norske studiesenteret i Kiel overført til Universitetet i Bergen. Vidare er forvaltninga av tilskottet til studiesenteret i Caen overført til Universitetet i Oslo. Forvaltninga av tilskottet til Noregs Hus i Paris er overført til kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak post 21 Særskilte driftsutgifter. Tilskottet til Fulbright-programmet er framleis på kap. 270 post 71. Dette er eit stipendprogram som støttar at særleg kvalifiserte søkjarar skal kunne studere i USA på master- og doktorgradsnivå, og tilsvarande for studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. I 2002 vart det utbetalt om lag 3,6 mill. kroner til Noregs Hus i Paris og studiesentra i York, Kiel og Caen. Det vart utbetalt om lag 4,3 mill. kroner til Fulbright-programmet. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga i 2003 med 4,7 mill. kroner i 2004.
Post 73 Tilskott til studentbarnehagar
Studentsamskipnadene blir tildelt statstilskott frå Utdannings- og forskingsdepartementet til drift av studentbarnehagane. I tillegg tek dei imot tilskott frå Barne- og familiedepartementet. Formålet med tilskottsordninga er å medverke til rimelegare prisar i studentbarnehagane. Dei skal samstundes vere eit supplement til tilbodet i kommunal og privat sektor. I 2003 er satsane kr 46 632 per plass for barn under tre år og kr 21 655 for barn over tre år. I 2003 vart det gitt tilskott til om lag 2 350 studentbarnehageplasser. For 2004 foreslår departementet ei vidareføring av løyvingsnivået for 2003. Fastsetjing av satsar for tilskott og fordeling av tilsegn for 2004 vil bli sett i samband med Regjeringa si satsing på barnehagar generelt, sjå kap. 856 post 60 under budsjettet til Barne- og familiedepartementet.
Post 74 Tilskott til velferdsarbeid
Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere velferdstilbodet elles i samfunnet. Det skal vere ein integrert del av det heilskaplege læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane. Målet med tilskottsordninga er å leggje grunnlag for studentvelferda ved utdanningsinstitusjonane og fremme interessene til elevane og studentane. Samla vart det utbetalt om lag 57 mill. kroner i 2002. Av desse vart det utbetalt om lag 44 mill. kroner til 26 studentsamskipnader (inkl. ANSA) med om lag 185 000 medlemmer. I tillegg var tilskottet til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar og elevar om lag 4 mill. kroner. Grunntilskottet til studenthelsetenesta utgjorde om lag 6,6 mill. kroner i 2002. Tilskottet til studenthelsetenesta i Oslo, Trondheim og Bergen vart redusert til 4 mill. kroner i 2003. I tråd med Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) foreslår departementet å overføre 4,1 mill. kroner til Helsedepartementet frå 2004. Departementet legg til grunn at Helsedepartementet tek over ansvaret for spesialisthelsetenesta gjennom helseføretaka. Midlane vil bli fordelte til Helse Øst, Helse Vest og Helse Midt-Norge i tråd med fordelinga til samskipnadene i 2003. Vidare legg departementet til grunn at desse helseføretaka gjer avtalar med helsetenesta ved dei tre universiteta om studentane si spesialisthelseteneste. Sjå elles St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet kap. 732 postane 71, 73 og 74. For 2004 foreslår departementet å føre vidare løyvingsnivået, korrigert for dei midlane som blir overførte til andre kapittel. Det blir foreslått ei løyving på om lag 53 mill. kroner i 2004.
Post 75 Tilskott til bygging av studentbustader, kan overførast
Målsetjing
Tilskottsordninga skal sikre at ein byggjer studentbustader, og ho skal sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar.
Rapport for 2002-03
Ved utgangen av 2002 disponerte studentsamskipnadene totalt 28 068 hybeleiningar. Etter at tala for 2001 er korrigerte for feilrapportering frå ein studentsamskipnad, så inneber dette ein auke på 1 521 hybeleiningar i høve til 2001. Dette svarar til ein gjennomsnittleg dekningsgrad på 15,9 pst. av medlemmene i studentsamskipnadene i 2002. 463,5 hybeleiningar er lagde til rette for bruk av funksjonshemma studentar. Det svarar til om lag 2,3 pst. av studentbustadene. Dette inneber ein auke i forhold til 2001. I tråd med merknad frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001-2002) legg departementet opp til at 10 pst. av dei nye studentbustadene som blir bygde, skal vere lagde til rette for funksjonshemma. Departementet har som føresetnad at husleiga på bustader for funksjonshemma studentar ikkje vert fastsett høgare enn det andre studentar betaler for ein hybeleining tilpassa for ein person.
I 2003 gav departementet tilsegn om støtte til om lag 730 nye hybeleiningar fordelte på følgjande stader: Oslo, Bergen, Trondheim, Akershus, Stavanger, Agder, Harstad og Stord/Haugesund. Tilskott til bygging av studentbustader utgjer 60 pst. av på førehand godkjende byggjekostnader. Øvre kostnadsgrense er sett til kr 350 000 per hybeleining. Departementet har opna for ei høgre øvre kostnadsramme for bygging av studentbustader i pressområde som Oslo, Bergen og Trondheim, men innanfor tilskottsgrensa på 60 pst. Departementet har merka seg at fleire studentbustadprosjekt har problem med å halde seg innanfor dei fastsette kostnadsrammene. Departementet har sett i gang eit arbeid med å analysere kostnadsauken, jf. omtale nedanfor. Som varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2003, jf. St.prp. nr. 65 (2002-03) og Innst. S. nr. 260 (2002-03), vil Husbanken frå 1. oktober 2003 ta over dei oppgåvene som i dag ligg til Rådgjevande organ for studentbustadbygging (ROS). Dette gjeld i hovudsak rådgiving overfor studentsamskipnadene og kvalitetssikring av studentbustadprosjekta. Departementet vil framleis gi tilsegn. Frå 1. januar 2004 tek Husbanken også over godkjenninga og utbetalinga av tilskott til studentbustadprosjekt.
Budsjettforslag for 2004
Som ein del av handsaminga av Innst. S. nr. 95 (2002-2003) fatta Stortinget eit vedtak der Regjeringa vart bede om å komme tilbake med ei plan for studentbustadbygging. Som ei oppfølging av dette har departementet bede Husbanken sjå nærmare på kostnadsutviklinga i studentbustadbygginga i dei seinare åra. Departementet har òg bede om ei ekstern vurdering av variasjonar i dekningsgraden og situasjonen på den private leigemarknaden, samt mogleg tomgangsproblematikk, for på denne måten betre å kunne vurdere behovet for nye studentbustader ved dei ulike studiestadene. Desse undersøkingane vil gi eit betre grunnlag for å vurdere fordelinga av tilsegn om statsstøtte i 2004. Departementet vil vurdere alternative modellar for finansiering av studentbustader, jf. merknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003), etter at ein har fått eit betre bilete av kostnadsutviklinga og behovet for nybygging.
Det har i budsjettet for 2004 vore ei hovudprioritering å fullfinansiere Kvalitetsreforma. Løyvinga til bygging av studentbustader blir i samband med dette foreslått redusert med 30 mill. kroner. Departementet foreslår å løyve om lag 170 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2004. 1 mill. kroner er overførte til Kommunal- og regionaldepartementet i samband med Husbankens overtaking av forvaltninga av tilskottsordninga, jf. kap. 2412 post 01. Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 170 mill. kroner, sjå forslag til vedtak III nr. 1. Dette gir ei ramme for nye tilsegn på om lag 144 mill. kroner i 2004.
Løyvinga på post 75 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3270 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Løyving og tilsegnsfullmakter for studentbustader i 2002-03
(i 1 000 kr) | |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2003 | 196 000 |
Ramme for nye tilsegn 2004 | 144 158 |
Løyving | 170 158 |
Tilsegnsfullmakt per 31. desember 2004 | 170 000 |
Det blir vurdert å selje hybelhuset i Schultz' gate 7 i Oslo, og ved eit eventuelt sal foreslår departementet å nytte inntektene frå sal av dette hybelhuset til bygging av nye studentbustader, sjå forslag til vedtak II nr. 4.
Kap. 273 Statlege kunsthøgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 167 728 | 185 544 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 843 | 1 407 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 4 665 | 36 065 | |
50 | Statstilskott | 224 944 | ||
Sum kap. 273 | 173 236 | 223 016 | 224 944 |
I høve til budsjettet for 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
I samband med overgang til nettobudsjettering er utgiftsløvinga samla på ny post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3273 er trekte ut, og utgiftsløyvinga er redusert tilsvarande. Netto reduksjon er på 6,1 mill. kroner.
Budsjettramma er auka med 13 mill. kroner i samband med at midler til husleie er overførte frå kap. 281 post 01.
Budsjettramma til kunsthøgskolane er redusert med 0,5 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for mellom anna universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapitlet finansierer drift av:
Kunsthøgskolen i Oslo
Kunsthøgskolen i Bergen
Resultatrapport for 2002-03
Studenttal i 2002
Institusjon/avdeling | Opptak | Måltal studentar | Registrerte studentar |
---|---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | |||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 148 | 265 | 339 |
Avdeling Statens kunstakademi | 24 | 105 | 88 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 10 | 30 | 37 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 19 | 45 | 56 |
Avdeling Statens operahøgskole | 4 | 12 | 12 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 205 | 457 | 532 |
Kunsthøgskolen i Bergen | |||
Avdeling for design | 46 | 95 | 102 |
Avdeling for spesialisert kunst | 48 | 100 | 115 |
Avdeling kunstakademiet | 21 | 60 | 61 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 115 | 255 | 278 |
Sum kunsthøgskolar | 320 | 707 | 810 |
Kilde: for registrerte studentar og opptak: DBH.
Både Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen oppfylte i 2002 måltalet for studentar samla sett. Det er berre på Avdeling Statens kunstakademi ved Kunsthøgskolen i Oslo at måltalet ikkje vart oppfylt.
Kandidattal i 2002
Institusjon/avdeling | Måltal kandidatar | Uteksaminerte kandidatar |
---|---|---|
Kunsthøgskolen i Oslo | ||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 118 | 117 |
Avdeling Statens kunstakademi | 25 | 24 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 10 | 8 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 15 | 12 |
Avdeling Statens operahøgskole | 4 | 4 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 172 | 165 |
Kunsthøgskolen i Bergen | ||
Avdeling for design | 36 | 28 |
Avdeling for spesialisert kunst | 38 | 44 |
Avdeling kunstakademiet | 15 | 14 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 89 | 86 |
Sum kunsthøgskolar | 261 | 2511 |
1 Av desse er 70 hovudfagskandidatar.
Kilde: for uteksaminerte kandidatar: DBH.
Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen har hausten 2003 lagt om grunnstudia til bachelorstudium. I samband med handsaminga av St.meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere kunstutdanning, jf. Innst. S. nr. 214 (2001-2002), vart det vedteke at institusjonane kunne tilby utøvande musikk og utøvande biletkunst som fireårige bachelorstudium. Kunsthøgskolane har vedteke at bachelorstudiet i utøvande biletkunst skal vere treårig.
Scenefaga ved Kunsthøgskolen i Oslo flytta hausten 2003 inn i nytt bygg i Seilduksfabrikken. Frå same tid gjeld ny organisatorisk struktur, med eit fakultet for scenekunst. Kunsthøgskolen har òg sett i gang arbeidet med ny organisering av dei visuelle faga.
Kunsthøgskolen i Oslo driv med både kunstnarleg verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid og meir tradisjonell forsking. Kunsthøgskolen i Bergen har inngått ein intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om eit samarbeid innanfor dr.art.-programmet ved Det historisk-filosofiske fakultet. Kunsthøgskolen arbeider framleis for å styrkje FoU-verksemda ved institusjonen.
Kunsthøgskolen i Bergen har ein stor del studentar på utveksling i utlandet, og talet på innreisande studentar har òg auka det siste året. Når det gjeld tala på inn- og utreisande tilsette, er desse svake i forhold til tidlegare år. Kunsthøgskolen i Oslo har redusert aktivitet på både inn- og utreisande studentar, samt innreisande tilsette.
Det nye stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid omfattar blant anna fagområda ved desse høgskolane. Det vart lyst ut seks stipend våren 2003. I budsjettet for 2004 er det foreslått å tildele tre nye stipendiatstillingar, jf. kap. 281.
Kunsthøgskolane er ikkje inkluderte i finansieringssystemet. God kvalitet på data for avlagde studiepoeng er ein føresetnad. Relevante indikatorer for FoU-verksemd ved institusjonane må vidare bli utvikla og vurderte. Når desse vilkåra er oppfylte vil departementet vurdere å inkludere kunsthøgskolane i det resultatbaserte finansieringssystemet for universitet og høgskolar.
Resultatmål for 2004
Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen skal:
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
intensivere arbeidet for å få fleire lærarar og studentar på utvekslingsopphald i utlandet. Det er òg viktig at høgskolane held fram med det omfattande engasjementet sitt i internasjonale samarbeidsprosjekt og brukar desse for å realisere måla i Kvalitetsreforma
arbeide for at samorganiseringa gir effektiviseringsvinstar ved at ein får breiare og styrkt kunstfagleg miljø og større høve til tverrfagleg arbeid
auke utviklingsarbeidet i samband med opptrappinga av Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid
arbeide vidare med å definere kriterium for og synleggjere utviklingsarbeid og forsking i utøvande kunstfag. FoU-verksemda må styrkjast
utnytte den studiekapasiteten som høgskolane har løyving for
Følgjande måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar vil bli lagde til grunn for 2003 og 2004:
Måltal for registrerte studentar og uteksaminerte kandidatar
Institusjon/avdeling | Måltal studentar | Måltal kandidatar | ||
---|---|---|---|---|
2003 | 2004 | 2003 | 2004 | |
Kunsthøgskolen i Oslo | ||||
Avdeling Statens handverks- og kunstindustrihøgskole | 265 | 265 | 118 | 118 |
Avdeling Statens kunstakademi | 105 | 105 | 25 | 25 |
Avdeling Statens teaterhøgskole | 30 | 30 | 10 | 10 |
Avdeling Statens balletthøgskole | 45 | 45 | 15 | 15 |
Avdeling Statens operahøgskole | 12 | 12 | 4 | 4 |
Sum Kunsthøgskolen i Oslo | 457 | 457 | 172 | 172 |
Kunsthøgskolen i Bergen | ||||
Avdeling for design | 95 | 95 | 36 | 36 |
Avdeling for spesialisert kunst | 100 | 100 | 38 | 38 |
Avdeling kunstakademiet | 60 | 60 | 15 | 15 |
Sum Kunsthøgskolen i Bergen | 255 | 255 | 89 | 89 |
Sum kunsthøgskolar | 712 | 712 | 261 | 261 |
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
For å finansiere Kvalitetsreforma blir det i budsjettet for 2004 foreslått 2,5 mill. kroner til kunsthøgskolane. Av desse er 0,9 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. Budsjettstyrkinga kan nyttast til utvikling og etablering av masterstudium.
Budsjettramma til Kunsthøgskolen i Bergen er auka med 2,7 mill. kroner for å jamne ut skilnaden mellom dei to kunsthøgskolane.
I samband med at Seilduksfabrikken er teken i bruk hausten 2003, er det lagt inn ytterlegare 13 mill. kroner i husleige i budsjettramma til Kunsthøgskolen i Oslo. Vidare er budsjettramma auka med 6 mill. kroner til drift og bemanning av dei nye lokala.
Budsjettramma til Kunsthøgskolen i Bergen er auka med 0,5 mill. kroner for å dekkje auka utgifter til husleige.
Utstyrsmidlane som vart løyvde i samband med dei nye lokala til Kunsthøgskolen i Oslo i Seilduksfabrikken, er trekte ut av budsjettramma.
Departementet foreslår at Kunsthøgskolen i Oslo og Kunsthøgskolen i Bergen går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2004, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og nr. 5.
Departementet har i samsvar med merknaden i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2000-2001) oppretthalde opsjonen for byggjetrinn 2 for Kunsthøgskolen i Oslo. Det er sikra tomt som Kunsthøgskolen i Bergen kan samlokaliserast på.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Kunsthøgskolane i Oslo og Bergen utvida fullmakter i høve til ekstern finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Fordeling av løyvinga på kap. 273 på dei to kunsthøgskolane
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Institusjon | Kap. 273 post 50 |
Kunsthøgskolen i Oslo | 157 105 |
Kunsthøgskolen i Bergen | 67 839 |
Sum | 224 944 |
Kap. 3273 Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 1 009 | 1 430 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 3 321 | 4 532 | |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 389 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 313 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 45 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 637 | ||
Sum kap. 3273 | 7 714 | 5 962 |
Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 273.
Kap. 274 Statlege høgskolar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 4 267 159 | 101 834 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 272 623 | 3 321 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 151 906 | 798 | |
50 | Statstilskott | 1 990 849 | 6 467 690 | 6 909 470 |
70 | Tilskott | 7 329 | 1 410 | |
Sum kap. 274 | 6 689 866 | 6 575 053 | 6 909 470 |
I høve til statsbudsjettet for 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
I samband med overgang til nettobudsjettering for Samisk høgskole er utgiftsløyvingane samla på post 50. Inntektsløyvingane under kap. 3274 på 4,1 mill. kroner er trekte ut, og utgiftsløyvingane er reduserte tilsvarande.
Kap. 274 post 01 er nedjustert med 45 mill. kroner i samband med at midlar til fellestiltak ved dei statlege høgskolane er foreslått løyvde over kap. 281 post 01.
Kap. 274 post 50 er auka med 1,4 mill. kroner i samband med overføring av midlar frå kap. 1542 til pensjonsutgifter ved Statens trafikklærarskole.
Kap. 274 post 50 er auka med 3,3 mill. kroner i samband med at forvaltninga av tilskottet til Falstadsenteret er foreslått lagt til Høgskolen i Nord-Trøndelag, jf. kap. 281 post 77.
Kap. 274 post 50 er redusert med 15,1 mill. kroner som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift, og 15 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for mellom anna universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kap. 274 post 50 er auka med 4,4 mill. kroner i samband med at midlar til åtte stipendiatstillingar er overførte frå Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, jf. kap. 262.
I samband med overføring av forvaltninga av tilskottet til Ole Bull Akademiet til Universitetet i Bergen er 1,5 mill. kroner foreslått overført frå kap. 274 post 70 til kap. 261 post 50.
Kapitlet omfattar:
drift av 26 statlege høgskolar
Post 50 Statstilskott
Resultatrapport for 2002-03
Statlege høgskolar representerer variasjon i storleik og fagleg profil. Høgskolane har eit særskilt ansvar for yrkesretta utdanningar. Høgskolane har òg eit nasjonalt ansvar for å gi studietilbod òg halde ved lag og utvikle kompetanseprofilen på særskilde fagområde. Vidare skal høgskolane drive forsking, utviklingsarbeid og anna fagleg verksemd som er særleg relevant for den regionen dei hører til.
Utdanningstilboda ved høgskolane er sette saman av ulike fleirårige yrkesretta utdanningar, fagstudium med ei lengd på eit halvt til halvanna år, og ei rekkje vidareutdanningstilbod. Nokre høgskolar har hovudfags- eller mastergradstilbod innanfor særskilde fagfelt. FoU-innsatsen varierer mellom høgskolane, mellom anna avhengig av kompetanseprofilen til den einskilde institusjonen. Høgskolane i Agder, Bodø, Molde og Stavanger har rett til å tildele doktorgrad på særskilde fagområde.
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over talet på registerte studentar og kandidatar ved dei statlege høgskolane for 2001 og 2002. Talet på studentar har auka med om lag 3 500 studentar, medan talet på registrerte kandidatar har gått noko ned frå 2001 til 2002.
Student- og kandidattal (personar)
Høgskole | Registrerte studentar 20011 | Registrerte studentar 20022 | Registrerte kandidatar 2001 | Registrerte kandidatar 2002 |
---|---|---|---|---|
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 184 | 217 | 22 | 11 |
Agder | 6 601 | 6 979 | 1 319 | 1 545 |
Akershus | 2 816 | 2 850 | 536 | 558 |
Bergen | 4 703 | 4 888 | 1 069 | 1 125 |
Bodø | 3 886 | 3 846 | 854 | 710 |
Buskerud | 2 212 | 2 335 | 406 | 351 |
Finnmark | 2 297 | 1 901 | 332 | 271 |
Gjøvik | 1 335 | 1 528 | 266 | 251 |
Harstad | 1 196 | 1 281 | 163 | 179 |
Hedmark | 3 709 | 3 937 | 848 | 758 |
Lillehammer | 2 018 | 1 982 | 449 | 500 |
Molde | 1 509 | 1 530 | 346 | 372 |
Narvik | 988 | 1 120 | 197 | 177 |
Nesna | 1 191 | 1 044 | 183 | 169 |
Nord-Trøndelag | 3 087 | 3 440 | 522 | 507 |
Oslo | 8 525 | 9 022 | 2 051 | 2 000 |
Sogn og Fjordane | 2 557 | 2 778 | 462 | 427 |
Stavanger | 6 617 | 7 125 | 1 399 | 1 486 |
Stord/Haugesund | 1 982 | 2 128 | 462 | 453 |
Sør-Trøndelag | 5 809 | 6 151 | 1 337 | 1 248 |
Telemark | 4 014 | 4 228 | 870 | 757 |
Tromsø | 2 563 | 2 662 | 486 | 432 |
Vestfold | 2 796 | 3 032 | 575 | 543 |
Volda | 2 382 | 2 511 | 450 | 442 |
Østfold | 3 928 | 3 984 | 909 | 919 |
Ålesund | 1 142 | 1 216 | 256 | 276 |
Delsum | 80 047 | 83 715 | 16 769 | 16 467 |
Anna3 | 1 171 | 987 | ||
Sum | 81 218 | 84 702 | 16 769 | 16 467 |
1 Tala representerer personar som høgskolane finansierer. I tillegg har dei statlege høgskolane 368 personar utan studierett.
2 Tala representerer personar som høgskolane finansierer. I tillegg har dei statlege høgskolane 363 personar utan studierett.
3 Omfattar studentar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning, etc.
Kilde: DBH
Opptaket til fleire helse- og sosialfagutdanningar vart i 2002 noko redusert etter eit forholdsvis høgt opptak i 2001. Tilsvarande utvikling finn ein for førskole- og allmennlærarutdanninga, men for praktisk-pedagogisk utdanning har det derimot vore ein klar auke i opptaket i dei siste åra. Opptaket til maritim utdanning held seg på same nivå som året før. For ingeniør- og siviløkonomutdanning er opptakstala høgare i 2002 enn i 2001, jf. tabellen nedanfor.
Kandidat- og opptakstal fordelte på kategoriar for utdanning (personar)1
Kategoriar for utdanning | Registrert opptakstal 2001 | Registrert opptakstal 2002 | Registrert kandidattal 2001 | Registrert kandidattal 2002 |
---|---|---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 4 061 | 3 908 | 2 912 | 2 971 |
Fysioterapiutdanning | 328 | 329 | 253 | 241 |
Ergoterapiutdanning | 253 | 248 | 163 | 163 |
Bioingeniørutdanning | 252 | 267 | 191 | 165 |
Radiografutdanning | 216 | 208 | 111 | 148 |
Reseptarutdanning | 91 | 113 | 46 | 26 |
Audiografutdanning | 24 | 41 | 17 | 14 |
Vernepleiarutdanning | 792 | 780 | 495 | 588 |
Sosionomutdanning | 892 | 764 | 582 | 628 |
Ortopediingeniørutdanning2 | 12 | |||
Døvetolkutdanning | 30 | 34 | 13 | 11 |
Tannpleiarutdanning | 17 | 17 | 10 | 10 |
Tannteknikarutdanning | 36 | 14 | ||
Barnevernspedagogutdanning | 815 | 705 | 571 | 550 |
Allmennlærarutdanning | 3 145 | 2 840 | 1 847 | 1 756 |
Førskolelærarutdanning | 1 624 | 1 390 | 1 991 | 1 318 |
Faglærarutdanning | 493 | 491 | 203 | 204 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 1 152 | 1 400 | 887 | 1 058 |
Bibliotekarutdanning3 | 149 | 161 | 97 | 176 |
Journalist-/fotoutdanning | 270 | 205 | 183 | 166 |
Ingeniørutdanning | 3 008 | 3 144 | 1 940 | 1 911 |
Maritim utdanning | 111 | 114 | 81 | 92 |
Sivilingeniørutdanning | 457 | 503 | 234 | 252 |
Siviløkonomutdanning | 280 | 405 | 287 | 261 |
Høgskolekandidatutdanning4 | 5 606 | 5 740 | 2 860 | 2 772 |
Hovudfag | 520 | 736 | 166 | 218 |
Examen philosophicum | 1 823 | 1 723 | 629 | 754 |
Årseining/grunnfag/halvårseining/ | ||||
Mellomfagstillegg/vidareutdanning5 | 15 704 | 17 379 | 10 682 | 12 001 |
Anna6 | 865 | 1 016 | 307 | 295 |
1 Tala omfattar eigenfinansierte kandidatar.
2 For ortopediingeniørutdanninga er det berre opptak kvart tredje år.
3 Omfattar studentar på det toårige påbyggingsstudiet på grunnfaget.
4 Høgskolekandidatutdanning er to- og treårige utdanningar som gir rett til tittelen høgskolekandidat, men denne kategorien omfattar også fleirårige grunnutdanningar som ikkje gir denne retten, og som elles ikkje er spesifisert som yrkesutdanning eller tilhører kategorien vidareutdanning.
5 Kandidattal for kategorien årseining/grunnfag m.m. er rekna om til årseksamenar (produserte 60-studiepoengseiningar).
6 Omfattar kandidatar på program som ikkje er på høgskolenivå, forkurs for ingeniørutdanning, etc.
Kilde: DBH.
Undervisning
Hovudelementa i Kvalitetsreforma vil vere på plass innan hausten 2003. Alt hausten 2002 vart det etablert nye bachelorgradar ved dei statlege høgskolane. Utdannings- og forskingsdepartementet skal framleis godkjenne etablering av nye doktor- og mastergradstilbod ved høgskolane. Departementet har i 2002 og 2003 motteke og etter fagleg tilråding godkjent fleire søknader frå høgskolane om etablering av nye masterstudium.
Høgskolen i Stavanger har fått godkjent to nye doktorgradsstudium, i spesialpedagogikk og risikostyring og samfunnssikkerhet.
Som oppfølging av Kvalitetsreforma vil departementet i samarbeid med sektoren gå gjennom rammeplanane for seks av helsefagutdanningane for å redusere omfanget og gjere dei mindre detaljerte. Siktemålet er at reviderte rammeplanar skal tre i kraft frå hausten 2004.
I samråd med Helsedepartementet er det vedteke å innføre ein ny modell for jordmorutdanninga som inneber at noverande eittårige vidareutdanning og eittårige turnus blir erstatta av toårig vidareutdanning. Ny rammeplan er under utarbeiding.
Arbeidet med nye rammeplanar for lærarutdanningane er ferdigstilt i tråd med Stortingets behandling av Innst. S. nr. 262 (2001-2002) og St.meld. nr. 16 (2001-2002) Om ny lærerutdanning. Dei nye rammeplanane gir institusjonane større fridom til å utvikle sin eigen profil på lærarutdanninga retta både mot fag og trinn i skolen. Det er òg lagt vekt på å styrkje yrkesrettinga av utdanningane.
Departementet har tildelt Læringssenteret 11 mill. kroner i 2003 for å administrere ei ordning for rettleiing av nyutdanna lærarar. Fem regionale prosjekt som omfattar 14 lærarutdanningsinstitusjonar, vil frå hausten 2003 delta i dette arbeidet. Prosjekta er ulike i organisering og struktur. Innhaldet i rettleiinga skal tilpassast behova til den einskilde nyutdanna læraren. Læringssenteret har òg vorte tildelt 2,8 mill. kroner for å styrkje kvaliteten i praksisopplæringa ved lærarutdanningsinstitusjonane. Tolv prosjekt som samla omfattar alle typar lærarutdanningar er tildelte midlar. Ved begge dei nemnde tiltaka er det ein føresetnad om nært samarbeid med barnehage- og skoleeigar. Departementet har òg gitt eigne midlar til høgskolane sitt arbeid med å innføre den nye studieeininga som er retta mot den første lese-, skrive- og matematikkopplæringa. I tillegg er det løyvd midlar til arbeidet ved institusjonane med å styrkje fagpersonalet sin kompetanse om yrkesfeltet. NIFU har fått i oppdrag å starte eit evalueringsarbeid av den nye treårige yrkesfaglærarutdanninga.
Som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 12 (1999-2000) ... og yrke skal båten bera ... Handlingsplan for rekruttering til læraryrket, har departementet sett av 30 mill. kroner årleg til ei fireårig satsing på IKT i lærarutdanninga. Prosjektet vart avslutta i 2003 i høve til føresetnadene, men Regjeringa har for 2004 sett av 10 mill. kroner til vidare satsing på IKT i lærarutdanninga, sjå omtale under kap. 281 post 01.
Det har i fleire år vore problem med å rekruttere studentar til ingeniørutdanninga. Høgskolane held fram med aktiv rekruttering i samarbeid med arbeids- og næringslivet, og ei rekkje høgskolar tilbyr eigne forkurs for søkjarar som ikkje har god nok realfagleg bakgrunn for opptak. I 2001 vart det løyvd midlar til særskilde rekrutteringstiltak for ingeniørutdanninga. Satsinga vart ført vidare i 2002 og 2003. Midlane er fordelte til ti nye forkursklassar og andre særskilde tiltak. Som ein del av Regjeringa si satsing på realfag vart det tidlegare prøveprosjektet Nasjonalt senter for rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag (RENATE) ført vidare i 2003 med ny organisering og nytt mandat. Den primære oppgåva til senteret er å medverke til god rekruttering til dei aktuelle studia og å auke talet på kvinnelege studentar på området. Senteret skal òg ha eit nasjonalt ansvar for kontakt med arbeidslivet om rekruttering til naturvitskaplege og teknologiske fag.
Departementet har oppfordra høgskolane til å lage ein tiltaksplan for dei maritime utdanningane som forpliktar både lærestadene og samarbeidspartnarane.
FoU-verksemd
Dei statlege høgskolane har ei oppgåve når det gjeld kompetanseutvikling og nyskapande verksemd i regionane. På enkelte område har høgskolane i tillegg eit nasjonalt ansvar for å utvikle spesialkompetanse av høg standard, til dømes knytt til yrkesretta utdanningar eller område der dei kan tildele doktorgrad.
Det er store variasjonar i omfanget av FoU-verksemda mellom høgskolane og mellom dei ulike fagområda. Omfanget av FoU-verksemda er størst ved dei økonomisk-administrative faga og samfunnsfaga, medan omfanget er mindre innanfor ingeniørfaga og helsefag.
Ein del av løyvingane til strategiske satsingar innanfor forsking og utviklingsarbeid til dei statlege høgskolane er lagd til Strategisk høgskoleprosjekt (SHP), som blir administrert av Noregs forskingsråd. Programmet vil ta omsyn til den faglege situasjonen i institusjonane, og skal gi statlege høgskolar høve til å byggje opp FoU-verksemd av god kvalitet. Tildelinga til programmet vart auka til totalt 30 mill. kroner i 2003. Sjå omtale under kap. 281.
I den strategiske forskingsløyvinga inngår òg finansiering av rekrutteringsstillingar. For 2003 vart løyvinga til rekrutteringsstillingar til universitet og høgskolar auka. Av denne satsinga vart dei statlege høgskolane tildelte midlar til 40 nye stipendiatstillingar.
Eksternt finansiert verksemd
Omfanget på den eksternt finansierte verksemda varierer mellom høgskolane. For 2002 var det registrert i alt 12 377 eksternt finansierte kursstudentar. Desse personane er ikkje inkluderte i tabellen ovanfor med oversikt over registrerte studentar og kandidatar ved dei einskilde høgskolane.
Internasjonalisering
Alle dei statlege høgskolane er i ulik, men aukande grad, med i internasjonalt utdanningssamarbeid. Dei aller fleste er aktive når det gjeld studentutveksling, sjølv om aktiviteten i det store og heile framleis er låg. Høgskolane sender ut fleire studentar på delstudium i utlandet enn dei tek imot på utvekslingsopphald ved sin eigen institusjon.
Bygg og lokale
Sjå omtale under kap. 281 for ei oversikt over status for byggeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren.
Grunnlag for resultatbasert tildeling i nytt finansieringssystem i 2004
Tabellen nedanfor syner det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004 for statlege høgskolar
Høgskole | Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|---|
Samisk | 107 | 3 | 4 | -2 |
Agder | 5 012 | 119 | 254 | 40 |
Akershus | 1 904 | 198 | 14 | 4 |
Bergen | 4 002 | 318 | 82 | 3 |
Bodø | 2 701 | 12 | 84 | -10 |
Buskerud | 1 515 | -94 | 18 | 15 |
Finnmark | 1 303 | 120 | 62 | 19 |
Gjøvik | 1 053 | 18 | 16 | 14 |
Harstad | 834 | 47 | 35 | 8 |
Hedmark | 2 908 | 390 | 10 | -29 |
Lillehammer | 1 654 | 184 | 20 | -18 |
Molde | 977 | -73 | 32 | -3 |
Narvik | 674 | 21 | 145 | 44 |
Nesna | 764 | 37 | 6 | -2 |
Nord-Trøndelag | 2 210 | 73 | 26 | 26 |
Oslo | 6 932 | 484 | 297 | -34 |
Sogn og Fjordane | 2 025 | 140 | 18 | 1 |
Stavanger | 4 712 | 412 | 54 | -11 |
Stord/Haugesund | 1 559 | 158 | 27 | 18 |
Sør-Trøndelag | 5 066 | 139 | 58 | -40 |
Telemark | 2 957 | -66 | 80 | -5 |
Tromsø | 1 929 | 20 | 10 | -58 |
Vestfold | 2 084 | 4 | 39 | -4 |
Volda | 1 727 | -94 | 42 | -71 |
Østfold | 2 794 | -52 | 96 | -32 |
Ålesund | 889 | -47 | 44 | 13 |
Sum | 60 292 | 2 471 | 1 573 | -114 |
Resultatmål for 2004
Dei statlege høgskolane skal
føre vidare arbeidet med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare arbeidet med å utvikle gode etter- og vidareutdanningstilbod i samarbeid med relevante aktørar
auke talet på lærarar og lærarstudentar som utdannar seg i sentrale skolefag, særleg realfag, språkfag, enkelte yrkesfag og for barnehage, samt leggje til rette for å rekruttere fleire menn og studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn til lærarutdanningane
styrkje samarbeidet mellom profesjonsutdanningane og yrkesfeltet om opplegg for å utvikle relevant praksisopplæring og meir yrkesretta FoU
utvikle langsiktige FoU-strategiar, styrkje FoU-verksemda og påta seg oppgåver innanfor både kompetanseutvikling og forskings- og utviklingsverksemd for å styrkje regionane. FoU-strategiane må derfor bli utvikla i samarbeid med det lokale nærings- og samfunnslivet
styrkje den faglege leiinga av forsking og utviklingsarbeid
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår og kvalitet i forsking og utviklingsarbeid. Resultata i forskinga bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
leggje til rette for at høgskolelærarar kan gjennomføre masterstudium på sentrale område som kan ivareta det praktiske aspektet ved yrkesutdanningane. For å auke talet på førstelektorar blant det faglege personalet bør høgskolane, i eigen regi eller i samarbeid med fleire, utvikle førstelektorprogram
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Det er nødvendig med fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet
utnytte den studiekapasiteten dei har løyving for
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga gjeld utgifter til drift, lønn, vitskapleg utstyr, kjøp av utstyr og inventar til nybygg, samt større vedlikehald og ombyggingsarbeid.
Reduksjon og auke i studieplassar på prioriterte utdanningar som vart gjennomført i perioden 2001-03, er ført vidare i budsjettet for 2004. Det er òg lagt inn heilårsverknad for nye studieplassar og studieplassar som vart reduserte i 2003. Høgskolen i Buskerud er tildelt midlar til 15 studieplassar i radiografutdanninga, og Høgskolen i Bergen er tildelt midlar til opptak av 20 studieplasser i døvetolkutdanning.
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 354,4 mill. kroner til dei statlege høgskolane. Av desse er 183,9 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei statlege høgskolane med 35 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 135,5 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for doktorstipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriomtalen. Midlar til 38 nye stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til dei statlege høgskolane med verknad frå hausten 2004. For 40 stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004.
Stortinget gav ved handsaming av Innst. S. nr. 12 (2002-2003) og St. meld. nr. 34 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om høyere samisk utdanning og forskning si tilslutning til satsing på samisk utdanning og forsking. Regjeringa si målsetjing er mellom anna å styrkje samisk høgre utdanning og forsking generelt og auke rekrutteringa av samiskspråklege studentar. Det er viktig med auka kunnskapsgrunnlag om samiske samfunnsforhold og samisk kultur. Departementet har tildelt Samisk høgskole midlar til samisk journalistutdanning i 2003. Satsinga er ført vidare i 2004. Høgskolen er, både i 2002 og 2003, tildelt midlar til ei prøveordning med hovudfag i duodji der Høgskolen i Oslo står som fagansvarleg. Regjeringa fører denne satsinga vidare i 2004. Budsjettramma for Samisk høgskole er auka med 500 000 kroner i samband med dette. Regjeringa foreslår òg å tildele høgskolen 500 000 kroner til arbeidet med å utvikle vidare fagområdet samisk språk, og 400 000 kroner til høgskolen sitt arbeid med rekruttering av studentar.
Etter ei samla vurdering foreslår departementet at Samisk høgskole går over til nettobudsjettering frå og med 1. januar 2004, jf. forslag til vedtak IV nr. 4 og 5. Departementet føreset at høgskolen prioriterer arbeidet for å sikre rekneskap og økonomistyring av god kvalitet i samband med overgangen. Det vil bli etablert ei gruppe som vil bistå Samisk høgskole i samband med overgangen til nettobudsjettering i 2004.
I St.meld. nr. 2 (2002-2003) om Revidert nasjonalbudsjett varslar Regjeringa omlegging i den norske ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå 2004. I samband med omlegginga er det, som ei teknisk endring, gjennomført ein reduksjon i løyvingsnivå for høgskolar som er lokaliserte med tilsette som bor i tiltakssonen. Omlegginga inneber at avgiftsnivået vert redusert frå 14,1 pst. til nullsats, og inneber såleis ikkje ein realnedgang i driftsbudsjettet til Høgskolen i Finnmark og Samisk høgskole.
I Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) ber eit fleirtal i komiteen Regjeringa fremme etablering av høgre visuell kunstutdanning i Tromsø som sak for Stortinget. Regjeringa har med omsyn til det samla budsjettopplegget valt å ikkje prioritere å opprette ei eiga visuell kunstutdanning i Nord-Norge i 2004.
I samband med at det i dei seinare åra har vore ein markant svikt i talet på søkjarar innanfor ingeniørutdanningane, har det frå 2001 årleg vore gitt ei løyving til ekstraordinære rekrutteringstiltak. Tiltaket blir ført vidare i 2004, og vil bli evaluert.
30 mill. kroner vart fordelte i 2003 til dekning av meirkostnader knytte til fjernundervisning og desentraliserte studietilbod. Regjeringa fører denne satsinga vidare i 2004. Midlane er lagde inn i høgskolane sine budsjettrammer og er fordelte på bakgrunn av tildelinga til høgskolane i 2003. Sjå elles omtale under kategoriomtalen. Midlane til høgskolane i Gjøvik, Lillehammer og Hedmark, som er knytte til fleksible utdanningstilbod i Oppland fylke, vil bli sett i samband med forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering. Endringar i budsjettet som følgjer av forsøket vil bli lagde fram i tillegg til St.prp. nr. 1 (2003-2004), jf. omtale under programkategori 13.70 på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.
Statens trafikklærarskole har i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag lagt om trafikklærarutdanninga til ei toårig høgskoleutdanning frå hausten 2003. I samband med overføring av Statens trafikklærarskole til Høgskolen i Nord-Trøndelag foreslår Regjeringa å overføre 15,8 mill. kroner til kap. 274 post 50 i 2004, jf. kap. 232/3232 og kap. 1542.
I samband med Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2003 vart det tildelt startløyving til nytt bygg for Høgskolen i Østfold. Det er foreslått 15 mill. kroner til utstyr til nybygget i 2004.
Høgskolen i Akershus flytta inn i Telenorbygget på Kjeller hausten 2003. Høgskolen i Akershus er gitt ei tildeling på 4,7 mill. kroner til husleige i 2004. Beløpet kjem i tillegg til tildelt beløp i 2003. Høgskolen i Bodø er tildelt 13 mill. kroner til husleige på Mørkved. Vidare er Høgskolen i Harstad tildelt 1 mill. kroner til leige av «Galleriet» og Høgskolen i Telemark er tildelt 900 000 kroner til leige av idrettsanlegg. Budsjettramma til Høgskolen i Molde er auka med 4,5 mill. kroner til leige av nybygget for sjukepleiarutdanninga. Sjå elles kap. 281 for omtale av byggjeprosjekt i høgskolesektoren.
I samband med handsaminga av Innst. S. nr. 188 (2001-2002), jf. St.meld. nr. 11 (2001-2002) Kvalitetsreformen Om vurdering av enkelte unntak fra gradsstruktur i høyere utdanning, vedtok Stortinget at siviløkonomutdanninga skal gå inn i ny gradsstruktur med treårig bachelor som lågare grad og toårig master som høgare grad. Kostnadene ved å utvide studietida for siviløkonomutdanninga med eitt år avheng av storleiken på opptaket til utdanninga, fullføringsprosenten og kostnader knytte til denne typen utdanning. Departementet foreslår å auke budsjettramma med 1,3 mill. kroner i 2004 som følgje av utviding av siviløkonomutdanninga med eitt år for 13 studieplassar ved Høgskolen i Agder og 17 studieplassar ved Høgskolen i Bodø.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi statlege høgskolar utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Dei statlege høgskolane får ein auke i budsjettramma på om lag 81 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 2 471, og talet på utvekslingsstudentar er redusert med 114. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriomtalen.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høgskole | Utteljing A | Utteljing B | Utteljing C | Utteljing D | Utteljing E | Utteljing F | Utteljing utvekslings-studentar | Sum |
Samisk | 0 | 0 | 0 | 0 | 775 | -543 | -10 | 222 |
Agder | 0 | 79 | 3 615 | 1 037 | -4 295 | 3 909 | 208 | 4 553 |
Akershus | 0 | 750 | 0 | -125 | 7 501 | -1 258 | 21 | 6 889 |
Bergen | 0 | 0 | 0 | 6 403 | 4 134 | 279 | 16 | 10 832 |
Bodø | 0 | 0 | -1 018 | 316 | -903 | 1 330 | -52 | -327 |
Buskerud | 0 | 0 | 0 | 217 | -1 918 | -959 | 78 | -2 582 |
Finnmark | 0 | 0 | 105 | 178 | -139 | 2 930 | 99 | 3 173 |
Gjøvik | 0 | 0 | 0 | 685 | 63 | -53 | 73 | 768 |
Harstad | 0 | 0 | 0 | 0 | 2 447 | -805 | 42 | 1 684 |
Hedmark | 0 | 0 | 0 | -46 | 10 362 | 1 426 | -151 | 11 591 |
Lillehammer | 10 692 | 0 | 0 | 198 | 1 333 | 701 | -94 | 12 830 |
Molde | 0 | 0 | 0 | 516 | -3 248 | 455 | -16 | -2 293 |
Narvik | 0 | 0 | -253 | 0 | 345 | 363 | 229 | 684 |
Nesna | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 505 | -284 | -10 | 1 211 |
Nord-Trøndelag | 0 | 0 | -245 | 323 | -1 793 | 3 168 | 135 | 1 588 |
Oslo | 0 | 840 | -250 | 1 957 | 5 766 | 5 970 | -177 | 14 106 |
Sogn og Fjordane | 0 | 0 | 0 | 465 | 1 932 | 1 639 | 5 | 4 041 |
Stavanger | 0 | 1 391 | 878 | 109 | 615 | 8 824 | -57 | 11 759 |
Stord/Haugesund | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 153 | -216 | 94 | 5 031 |
Sør-Trøndelag | 0 | 0 | 0 | 6 482 | -4 605 | 2 814 | -208 | 4 483 |
Telemark | 0 | 975 | -23 | 707 | -5 329 | 1 866 | -26 | -1 830 |
Tromsø | 0 | -1 354 | 13 | 398 | -803 | 1 325 | -302 | -723 |
Vestfold | 0 | 0 | 0 | 0 | -196 | 259 | -21 | 42 |
Volda | 0 | 429 | 0 | 180 | -2 650 | -481 | -369 | -2 891 |
Østfold | -792 | 0 | 1 458 | 364 | -3 995 | 1 148 | -166 | -1 983 |
Ålesund | 0 | 0 | 0 | -43 | -1 436 | 15 | 68 | -1 396 |
Sum | 9 900 | 3 110 | 4 280 | 20 321 | 10 621 | 33 822 | -591 | 81 462 |
Fordeling av statstilskott
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Høgskole | Kapittel 274 post 50 |
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole | 30 196 |
Høgskolen i Agder | 592 936 |
Høgskolen i Akershus | 212 127 |
Høgskolen i Bergen | 417 178 |
Høgskolen i Bodø | 321 636 |
Høgskolen i Buskerud | 184 802 |
Høgskolen i Finnmark | 157 521 |
Høgskolen i Gjøvik | 130 103 |
Høgskolen i Harstad | 98 926 |
Høgskolen i Hedmark | 300 500 |
Høgskolen i Lillehammer | 183 150 |
Høgskolen i Molde | 111 522 |
Høgskolen i Narvik | 136 791 |
Høgskolen i Nesna | 89 615 |
Høgskolen i Nord-Trøndelag | 281 225 |
Høgskolen i Oslo | 781 256 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 205 443 |
Høgskolen i Stavanger | 555 959 |
Høgskolen Stord/Haugesund | 190 862 |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 484 481 |
Høgskolen i Telemark | 372 383 |
Høgskolen i Tromsø | 219 584 |
Høgskolen i Vestfold | 237 970 |
Høgskolen i Volda | 178 501 |
Høgskolen i Østfold | 318 863 |
Høgskolen i Ålesund | 115 940 |
Post 70 Tilskott
Ole Bull Akademiet på Voss vart grunnlagt i 1976. Stiftinga har sidan 1977 motteke årlege tilskott frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Tilskottet er nytta til kurs i norsk folkemusikk for studentar og tilsette ved høgskolar og universitet som gir musikkutdanning. I 2003 vart akademiet tildelt om lag 1,4 mill. kroner. Tilskottsordninga har vore evaluert i 2003. Ordninga blir vidareført i 2004 og Universitetet i Bergen vil overta forvaltninga av tilskottet.
Kap. 3274 Statlege høgskolar (jf. kap. 274)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 278 523 | 3 366 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 162 764 | 715 | |
11 | Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak | 66 187 | ||
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 3 569 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 16 224 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 920 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 59 289 | ||
Sum kap. 3274 | 587 476 | 4 081 |
Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 274.
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Statstilskott | 399 661 | 414 007 | 446 695 |
Sum kap. 278 | 399 661 | 414 007 | 446 695 |
I høve til 2003 er det m.a. gjort følgjande tekniske endringar:
Budsjettramma er redusert med om lag 1 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for mellom anna universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Noregs landbrukshøgskole (NLH) har eit spesielt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning innanfor landbruksrelaterte emne og natur- og arealforvaltning.
Resultatrapport for 2002-03
Tabellen nedanfor viser opptakstal for 2002, studental og kandidattal for 2001 og 2002.
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001 og 2002
2001 | 2002 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Profesjon/hovudfag | 2 127 | 2901 | 558 | 2 213 | 2892 |
Mastergrad | 67 | 33 | 111 | 162 | 45 |
Doktorgrad | 247 | 36 | 61 | 195 | 52 |
Praktisk-pedagogisk utdanning | 55 | 25 | 35 | 75 | 26 |
Sum | 2 4963 | 384 | 765 | 2 6454 | 412 |
1 Av desse er 197 cand.agric., 40 sivilingeniør og 53 cand.scient. I tillegg har NHH uteksaminert 10 cand.mag.-kandidatar
2 Av desse er 201 cand.agric., 46 sivilingeniør og 42 cand.scient. I tillegg har NHH uteksaminert 16 cand.mag.-kandidatar
3 I tillegg er det registrert ein person utan studierett.
4 I tillegg er det registrert fem personar utan studierett.
Kilde: DBH.
NLH har ein monaleg auke i registrerte studentar frå 2001 til 2002. Søkinga til høgskolen har vore god i dei siste åra, og opptaket av nye studentar har auka. Frå 2001 til 2002 er det ein liten auke i talet på kandidatar, det er ein reduksjon i talet på avlagde studiepoeng per student, jf. kategoriomtalen. Det er ein stor auke i talet på doktorgradar frå 2001 til 2002.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
1 738 | 90 | 156 | 55 |
NLH har ein auke i talet på utvekslingsstudentar frå 2001 til 2002. Høgskolen har eit mål om at halvparten av studentane skal ha eit utvekslingsopphald i utlandet. Høgskolen bør auke utvekslinga av vitskaplege tilsette. NLH tek aktivt del i internasjonalt samarbeid, og deltakinga i EUs sjette rammeprogram er god.
Noregs landbrukshøgskole held fram med omstillinga av institusjonen, og har mellom anna vedteke at talet på institutt skal reduserast frå tolv til sju. NLH samarbeider óg nært med andre institusjonar, og vil mellom anna samarbeide med universiteta når det gjeld innovasjon.
Vitskaplege publikasjonar i 1997-2002
Kap. 278 Noregs landbrukshøgskole | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 249 | 289 | 279 | 187 | 218 | 201 |
Faglege bøker/lærebøker | 25 | 18 | 8 | 13 | 20 | 27 |
Kapittel i faglege bøker/lærebøker | 75 | 56 | 50 | 45 | 33 | 71 |
Totalt | 349 | 363 | 337 | 245 | 2711 | 2992 |
1 I tillegg kjem 241 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er 123 foredrag ved vitskaplege konferansar.
2 I tillegg kjem 345 vitskaplege arbeid av stipendiatar og anna forskingspersonale. Av desse er 182 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Høgskolen har lagt ned mykje arbeid i å tilpasse studia til ny gradsstruktur siste året, og utlyser fleire heilt nye studietilbod i 2003, både på bachelor- og masternivå. Alle dei desentraliserte førsteårsstudia ved dei statlege høgskolane vart avvikla frå hausten 2002. I staden for dette arbeider høgskolen med å etablere fleire avtalar med høgskolane om overgang til masternivå ved NLH.
Høgskolen har auka talet på vitskaplege publikasjonar i dei to siste åra. Høgskolen har innført ein intern budsjettmodell som premierer artiklar i internasjonale tidsskrift. Det er òg gjennomført ei streng prioritering og spissing av forskingsverksemda. Eit resultat av dette var mellom anna at eit fagmiljø ved høgskolen fekk status som senter for framifrå forsking (i samarbeid med Akvaforsk og Norges veterinærhøgskole) på protein i laksefôr.
Norum-utvalet som mellom anna skulle vurdere organiseringa av Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole la fram si tilråding i juni 2003. Sjå nærmare omtale under kap. 281.
Resultatmål for 2004
Noregs landbrukshøgskole skal
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga. Innanfor forsking skal høgskolen prioritere dei tre områda mat, miljø og bioteknologi, med akvakultur og næringsutvikling som tverrgåande aktivitetar
styrkje den faglege leiinga av forsking og utviklingsarbeid
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
auke omfanget av publiseringa, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
halde oppe eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig
halde fram med omstillingsarbeidet ved høgskolen
utnytte den studiekapasiteten som høgskolen har løyving for
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp, vedlikehald og kjøp av eigedom.
For å finansiere Kvalitetsreforma vert det i budsjettet for 2004 foreslått 15 mill. kroner til Noregs landbrukshøgskole. Av desse er 6,3 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma, er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei vitskaplege høgskolane med 10 mill. kroner. Utteljinga til Noregs landbrukshøgskole i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 4,7 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 3,9 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye stipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til seks stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs landbrukshøgskole med verknad frå hausten 2004. For sju stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Regjeringa foreslår å løyve 5,5 mill. kroner til saman til universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø, Norges teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs landbrukshøgskole for oppbygging av teknologioverføringskontor. 0,65 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet for Noregs landbrukshøgskole.
Noregs landbrukshøgskole får ein auke på 4,6 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 90, og talet på utvekslingsstudentar er auka med 55. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
( i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
0 | 0 | 4 046 | 0 | 246 | 25 | 286 | 4 604 |
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 1,5 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Noregs landbrukshøgskole.
Noregs landbrukshøgskole kan nytte inntekter frå sal av eigedommar ved høgskolen til kjøp, vedlikehald og bygging av andre lokale til undervisnings- og forskingsformål, sjå forslag til vedtak II nr. 3.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs landbrukshøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 185 146 | 190 761 | |
21 | Særskilde driftsutgifter | 82 909 | 59 099 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 1 417 | 14 408 | |
50 | Statstilskott | 193 636 | ||
Sum kap. 279 | 269 472 | 264 268 | 193 636 |
I høve til 2003 er det m.a. gjort følgjande tekniske endringar:
I samband med overgang til nettobudsjettering er utgiftsløyvinga samla på ny post 50. Inntektsløyvinga på om lag 81 mill. kroner på kap. 3279 er trekt ut, og utgiftsløyvinga er redusert tilsvarande.
Budsjettramma er redusert med 0,4 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for mellom anna universitet og høgskolar. Sjå nærmare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Noregs veterinærhøgskole (NVH) har eit nasjonalt ansvar for utdanning av veterinærar og dyrepleiarar. Høgskolen har eit spesielt ansvar for grunnforskinga og forskarutdanninga på veterinærområdet.
Resultatrapport for 2002-03
Tabellen nedanfor viser opptakstal for 2002, studenttal og kandidattal for 2001 og 2002.
Opptakstal, studenttal og kandidattal for 2001 og 2002
2001 | 2002 | ||||
---|---|---|---|---|---|
Studium | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar | Opptak | Registrerte studentar | Uteksaminerte kandidatar |
Veterinærstudiet (cand.med.vet.) | 345 | 55 | 60 | 351 | 56 |
Dyrepleiarstudiet | 14 | 13 | 14 | 14 | 14 |
Tilleggsutdanning, veterinærar med utdanning frå utlandet | 3 | 5 | |||
Doktorgrad | 72 | 12 | 12 | 70 | 14 |
Sum | 431 | 80 | 89 | 440 | 84 |
Kilde: DBH.
Talet på kandidatar ved høgskolen er stabilt, og gjennomføringa er god. Høgskolen har hatt ein jamn auke i talet på doktorgradar i dei siste åra, men har utfordringar knytt til rekrutteringa til vitskaplege stillingar.
Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå nærmare omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004
Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|
308 | 22 | 5 | -17 |
NVH har tradisjonelt hatt lite utveksling av studentar, og talet på utvekslingsstudentar i 2002 er for lågt. Høgskolen må også auke utvekslinga av vitskapleg tilsette. For å betre på internasjonaliseringa ved høgskolen er det tilsett ein person som har dette som arbeidsområde.
Vitskaplege publikasjonar i 1997-2002
Kap. 279 Noregs veterinærhøgskole | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|---|
Artiklar i vitskaplege tidsskrift | 184 | 182 | 177 | 192 | 155 | 134 |
Faglege bøker | 7 | 10 | 5 | 16 | 8 | 14 |
Kapittel i faglege bøker og lærebøker | 21 | 19 | 12 | 32 | 9 | 4 |
Totalt | 2121 | 2112 | 1943 | 2404 | 1725 | 1526 |
1 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 100 vitskaplege publikasjonar.
2 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 67 vitskaplege publikasjonar.
3 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 35 vitskaplege publikasjonar.
4 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 82 vitskaplege publikasjonar.
5 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen, produsert 46 vitskaplege publikasjonar.
6 I tillegg har stipendiatar og andre som er knytte til institusjonen produsert 85 vitskaplege publikasjonar. Av desse er 26 foredrag ved vitskaplege konferansar.
Høgskolen har hatt ei stor omlegging av instituttstrukturen med ei halvering av talet på institutt. Høgskolen omprioriterer òg ressursar til fagområda i samband med denne omlegginga. Institusjonen har organisert forskinga i tre prioriterte faggrupper på tvers av strukturen. Talet på vitskaplege publikasjonar har gått ned, men høgskolen ligg bra an i forhold til andre universitet og høgskolar når ein måler vitskaplege publikasjonar per vitskapleg tilsett.
Høgskolen tek del i eit senter for framifrå forsking innanfor akvakultur saman med Akvaforsk og NLH.
Norum-utvalet, som mellom anna skulle vurdere organiseringa av Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole, la fram si tilråding i juni 2003. Sjå nærmare omtale under kap. 281.
Resultatmål for 2004
Noregs veterinærhøgskole skal
arbeide vidare med å gjennomføre dei ulike elementa i Kvalitetsreforma
føre vidare og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv når det gjeld innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning
gjennomføre tiltak for å betre kvaliteten i forskinga og utvikle vidare FoU-strategien. Høgskolen må prioritere innanfor forskingsområda i tett samarbeid med NOVA-universitetet, med sikte på nordisk arbeidsdeling
styrkje den faglege leiinga av forsking og utviklingsarbeid
prioritere ressursar til betring av forskingsvilkår, kvalitet i forsking og utviklingsarbeid og styrkje forskarutdanninga. Resultat i forsking og utviklingsarbeid bør leggjast til grunn for tildeling av forskingsmidlar
auke omfanget av publiseringa, med særskilt vekt på vitskaplege publiseringskanalar med særleg høg kvalitet
leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet, særleg av kvinner
halde fram med arbeidet med å utvikle alliansane med andre aktørar, og omstillingsarbeidet ved høgskolen må halde fram
halde eit høgt aktivitetsnivå når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid. Fleire gjensidig bindande utvekslingsavtalar med institusjonar i utlandet er nødvendig
arbeide for å rekruttere fleire menn til studia
utnytte den studiekapasiteten som høgskolen har løyving for
sikre at økonomiforvaltninga er i samsvar med økonomiregelverket, og at rekneskapen blir lagd fram i rett tid og er korrekt
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga under post 50 skal dekkje driftsutgifter, større utstyrskjøp og vedlikehald.
Departementet foreslår at Noregs veterinærhøgskole går over til nettobudsjettering frå 1. januar 2004, sjå forslag til vedtak IV nr. 4 og 5.
For å finansiere Kvalitetsreforma blir det i budsjettet for 2004 foreslått 3,9 mill. kroner til Noregs veterinærhøgskole. Av desse er 1,3 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003. I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma, er det for 2004 foreslått å auke potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei vitskaplege høgskolane med 10 mill. kroner. Utteljinga til Noregs veterinærhøgskole i den resultatbaserte omfordelinga aukar som følgje av dette med 2 mill. kroner. Det er vidare foreslått å leggje 0,7 mill. kroner inn i basisløyvinga.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye stipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til tre stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til Noregs veterinærhøgskole med verknad frå hausten 2004. For fire stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004.
Noregs veterinærhøgskole får ein auke på 2,1 mill. kroner etter at talet på avlagde 60-studiepoengseiningar er auka med 22, og talet på utvekslingsstudentar er redusert med 17. Sjå elles omtale av finansieringssystemet under kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Utteljing kategori A | Utteljing kategori B | Utteljing kategori C | Utteljing kategori D | Utteljing kategori E | Utteljing kategori F | Utteljing utvekslings- studentar | Sum |
2 109 | 0 | 0 | 0 | 31 | 0 | -88 | 2 051 |
Tildelingar over tidlegare kap. 281 post 30 er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. 1,5 mill. kroner er foreslått lagde inn i budsjettet til Noregs veterinærhøgskole.
Frå hausten 2003 vert dyrepleiarstudiet utvida frå eitt til to år. Utvidinga skal finansierast innanfor budsjettramma til høgskolen.
Utdannings- og forskingsdepartementet kan gi Noregs vetrinærhøgskole utvida fullmakter i høve til eksternt finansiert verksemd, sjå forslag til vedtak IV nr. 6.
Kap. 3279 Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 82 727 | 59 099 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 37 108 | 20 369 | |
04 | Refusjon gebyrstipend | 884 | 555 | |
15 | Refusjon for arbeidsmarknadstiltak | 45 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 284 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 7 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 546 | ||
Sum kap. 3279 | 124 601 | 80 023 |
Sjå omtale av tekniske endringar i samband med overgang til nettobudsjettering under kap. 279.
Kap. 281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 367 966 | 435 965 | 390 170 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 741 | 1 299 | |
30 | Fellesmidlar , kan overførast | 29 509 | 25 200 | |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 885 | 20 237 | 20 642 |
60 | Tilskott til RiT 2000 , kan overførast | 40 192 | ||
70 | Tilskott til utgiving av lærebøker | 6 940 | 7 209 | |
71 | Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking | 4 837 | 5 026 | |
72 | Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar | 1 950 | 2 027 | 2 100 |
73 | Tilskott til internasjonale program | 56 336 | 61 908 | 62 550 |
74 | Tilskott til UNIS | 44 094 | ||
75 | Tilskott til UNIK | 12 731 | ||
76 | Tilskott til NORDUnet , kan overførast | 12 535 | 22 930 | 20 555 |
77 | Tilskott til Falstadsenteret | 2 060 | 3 140 | |
78 | Tilskott til Universitets- og høgskolerådet | 6 275 | 6 520 | 14 474 |
79 | Ny universitetsklinikk i Trondheim , kan overførast | 26 194 | 236 589 | 617 984 |
90 | Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar | 1 499 | 5 208 | |
Sum kap. 281 | 573 650 | 833 258 | 1 172 569 |
I høve til budsjett for 2003 er det gjort m.a. følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med om lag 44,1 mill. kroner i samband med at det er oppretta ein eigen tilskottspost, post 74, til Universitetssenteret på Svalbard.
Post 01 er oppjustert med 45 mill. kroner i samband med at midlar til fellestiltak ved dei statlege høgskolane er overførte frå kap. 274 post 01.
Post 01 er nedjustert med 13 mill. kroner i samband med at midler til husleige ved Kunsthøgskolen i Oslo blir løyva over kap. 273 post 50.
Post 01 er oppjustert med 3 mill. kroner i samband med at midlar til Noregsuniversitetet er overførte frå institusjonskapitla.
Post 01 er nedjustert med 5,2 mill. kroner mot tilsvarande oppjustering av kap. 200 i samband med overføring av permanente arbeidsoppgåver til departementet frå i hovudsak Noregsnettrådet og departementets oppfølging av ny universitetsklinikk i Trondheim, jf. Innst. S. nr. 220 (1999-2000).
Post 01 er nedjustert med 1,2 mill. kroner i samband med at lønnsmidlar til Læringssenteret er overførte til kap. 202 post 01.
Budsjettramma er redusert med 1,5 mill. kroner som følgje av avviklinga av el-avgifta for m.a. universitet og høgskolar. Sjå nærare omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget.
Post 01 er nedjustert med 1,2 mill. kroner, sjå parallell nedjustering av inntektspost 02.
Post 01 er nedjustert med 0,8 mill. kroner i samband med at midlar til årskurs i fransk i Caen er overførte til kap. 260 post 50.
Post 01 er nedjustert med 2,1 mill. kroner i samband med at midlar til årskurs i engelsk i Newcastle er overførte til kap. 261 post 50.
Post 01 er nedjustert med 0,7 mill. kroner i samband med at midlar til årskurs i tysk for lærarar er overførte til kap. 262 post 50.
Post 21 er avvikla, og midlar til særskilde driftsutgifter på om lag 1,3 mill. kroner er overførte til post 01.
Post 70 er avvikla, og midlar til utgiving av lærebøker på om lag 7,5 mill. kroner er overførte til post 78.
Post 71 er avvikla, og løyvinga til Stiftelsen for helsetenesteforsking på 5,2 mill. kroner er overførte til Helsedepartementet, jf. kap. 725 post 01.
Post 73 er nedjustert med 8 mill. kroner i samband med at midlar til Senter for internasjonalt universitetssamarbeid er overførte til post 01.
Post 77 er avvikla, og løyvinga til Falstadsenteret på om lag 3,3 mill. kroner er lagd til Høgskolen i Nord-Trøndelag, jf. kap. 274 post 50.
Kapitlet omfattar mellom anna:
satsing på informasjonsteknologi som mellom anna tungrekning, Uninett AS, IKT i lærarutdanninga og Museumsprosjektet
utvikling av fleksible læringstilbod i høgre utdanning
driftsmidlar til Universitets- og høgskolerådet
nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
database for statistikk om høgre utdanning
utdanningsforsking
Universitetssenteret på Svalbard (UNIS)
Samordna opptak (SO)
ny universitetsklinikk i Trondheim
internasjonale program
forskingsprosjekt, utgreiingar, konferansar og informasjonstiltak
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)
Tilskottspostane blir gitt eigne omtalar nedanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Resultatrapport for 2002-03
Satsing på informasjonsteknologi
Programmet for tungrekning ble tildelt 22 mill. kroner i 2003. Programmet skal dekkje behovet for tungrekneressursar ved Meteorologisk institutt, og tilby kostnadseffektive tenester innanfor tungrekning til norske universitet og høgskolar.
Uninett AS leverer nett og ulike nettenester til universitet, høgskolar og ikkje-kommersielle forskingsinstitusjonar, og knyter norske forskingsmiljø til utlandet m.a. gjennom det nordiske samarbeidet NORDUnet. Utbygging av forskingsnettet til gigabitkapasitet er ført vidare i 2003. Dette er grunnlag for utvikling av neste generasjon nettenester, særleg video- og lydbaserte løysingar. Uninett inngjekk i 2003 eit nært samarbeid med BaneTele AS.
Satsinga på å få IKT sterkare inn i lærarutdanninga vart ført vidare i 2003. Ei ekstern evaluering av satsinga i 2002-03 viser at alle lærarstudentar no får opplæring i bruk av IKT i skolen gjennom studiet. IKT fører også til auka samarbeid mellom lærarutdanninga og øvingsskolane og til sterkare praksisretting av utdanninga. Satsinga blir positivt vurdert av samarbeidspartar i andre delar av utdanningssystemet. Samstundes er det framleis behov for meir kunnskap om korleis IKT kan nyttast i læring, undervisning og vurderingsopplegg.
Bedriftsuniversitetet AS vart etablert i 2000, med oppgåve å skreddarsy etter- og vidareutdanning til bedrifter og bransjar. Eigarane er nå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og SINTEF. Eigenkapitalen i selskapet er brukt opp. Selskapet viser til at dette skyldast at marknaden for etter- og vidareutdanning på universitets- og høgskolenivå har falle. Det er oppnemnt eit avviklingsstyre som arbeider med å avvikle selskapet. Det er så langt konstatert underdekking i selskapet på om lag 1,6 mill. kroner som eigarane tek sikte på å dekkje.
Fjernundervisning
Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) hadde i 2003 ei grunnløyving på 18 mill. kroner. Midlane finansierer utvikling av fjernundervisning og fleksible studietilbod i høgre utdanning, sekretariatet og styret sitt arbeid. I løyvinga for 2003 vart om lag 13,5 mill. kroner fordelte til prosjekt, medan det resterande dekkjer utgifter til ulike fellestiltak som konferansar og utgiving av nye rapportar i SOFF sin eigen rapportserie, samt utgifter til styret og sekretariatet.
Noregsuniversitetet
Noregsuniversitetet er eit samarbeid mellom hovudorganisasjonane i norsk arbeidsliv og høgre utdanning. Samarbeidet skal styrkje etter- og vidareutdanning relatert til arbeidslivet.
Departementet øyremerkte i budsjettet for 2003 3 mill. kroner til drift av Noregsuniversitetet. I tillegg fekk Noregsuniversitetet ei løyving på kr 400 000 over kap. 248 for å starte arbeidet med å standardisere kursinformasjon i høgre utdanning i samband med utviklinga av portalen utdanning.no.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) vart oppretta 1. januar 2003. NOKUT er eit uavhengig, statleg organ som har som formål å utvikle og kontrollere kvaliteten ved norske høgre utdanningsinstitusjonar, både statlege og private. For nærmare omtale, sjå kategoriomtale 07.60.
NOKUT hadde i 2003 ei tildeling over kap. 281 på 29,3 mill. kroner.
Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning vart i 2003 forlenga med tre år, fram til utgangen av 2006. Partane skal betale ei viss godtgjering for sine eigne studentar i anna land. I 2003 har Noreg utbetalt om lag 18,9 mill. kroner. Avtalen inneber at søkjarar som er busette i eit anna nordisk land, skal ha tilgjenge til offentleg høgre utdanning på same eller likeverdige vilkår som landets eigne søkjarar. På grunn av det høge talet på norske studentar som søkte seg til enkelte lengre profesjonsutdanningar i Danmark, er det som tidlegare avgrensa opptak av norske studentar på studium i medisin, veterinærmedisin og odontologi ved danske institusjonar. Avtalen er forlenga på dei same vilkåra som tidlegare.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM)
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) på Andøya er eit senter for alle utdanningsnivå og har som mål å medverke til å sikre rekruttering til norsk romverksemd, samt skape auka interesse for real- og teknologifag. NAROM vart tildelt 4,5 mill. kroner i 2003.
Samordna opptak
Samordna opptak (SO) koordinerer opptak til høgre utdanningar. Frå 2001 har SO ei fullstendig elektronisk teneste på Internett. SO vart tildelt 19,9 mill. kroner i 2003.
Utdanningsforsking
Forskingsprogrammet «Kompetanse, utdanning og verdiskaping» i regi av Noregs forskingsråd vart avslutta som planlagt i 2002. Programmet er frå 2003 erstatta av programmet «Kunnskap, utdanning og læring», også det i regi av Noregs forskingsråd. Det skal ha fokus både på utdannings- og forskingssystemet og på den læringa som skjer i arbeidsliv og samfunnsliv elles. I 2003 vart det sett av 2,5 mill. kroner over kap. 281 til dette programmet.
Eit prosjekt som har til oppgåve å vurdere arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle fullføringsgraden i utdanningssystemet vart førte vidare i 2002 og 2003 av Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU). I tillegg har NIFU hatt ei rekkje mindre oppdrag for departementet.
Departementet har sett av midlar til oppstart av evalueringa av Kvalitetsreforma i 2003.
Museumsprosjektet og Artsdatabanken
Museumsprosjektet gir ein nasjonal tilgang til informasjon om kultur- og naturarven vår gjennom digitaliserte vitskaplege samlingar ved universiteta. Museumsprosjektet vart tildelt 5 mill. kroner i 2002.
Artsdatabanken er under etablering ved NTNU. Artsdatabanken skal gi ein elektronisk oversikt med informasjon om biologiske artar i Noreg til bruk i miljøforvaltning, undervisning og forsking. I budsjettet for 2003 vart det sett av 6 mill. kroner til Artsdatabanken.
Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen
Departementet tildelte i 2003 midlar slik at Høgskolen i Oslo kunne halde fram med drifta av Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen. Senteret har vore evaluert for å vurdere om det skal halde fram ut over prosjektperioden. Evalueringa var positiv.
Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid
Departementet har oppretta eit stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid i tråd med St.meld. nr. 18 (2001-2002) Om høyere kunstutdanning som skal vere ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. Det vart lyst ut seks stipend våren 2003. Programmet skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis på linje med dei organiserte doktorgradsprogramma.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3281 post 02, sjå forslag til vedtak II nr. 1.
Informasjonsteknologisatsingar
Programperioden for Programmet for tungrekning blir avslutta i 2003. Departementet foreslår å føre vidare Programmet for tungrekning med 22 mill. kroner til tiltaket i 2004.
Uninett AS sin satsing på utbygging av forskingsnettet til gigabitkapasitet blir foreslått ført vidare med 10 mill. kroner i 2004.
Departementet foreslår å sette av 10 mill. kroner til IKT i lærarutdanninga i 2004, knytte til det nye programmet for digital kompetanse, jf. kap. 248. Eit hovudmål vil vere å utvikle vidare partnerskap mellom lærarutdanninga og skolesektoren der begge partar kan auke kvaliteten på IKT-bruken i undervisninga.
Noregsuniversitetet
Våren 2003 har ei arbeidsgruppe nedsett av Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning (SOFF) og Noregsuniversitetet greidd ut ei mogleg samanslåing av dei to organa. På bakgrunn av konklusjonane frå utgreiinga går både SOFF og Noregsuniversitetet sine styre inn for at ei samanslåing skal skje frå 1. januar 2004.
Departementet foreslår å slå saman Sentralorganet for fleksibel læring i høgre utdanning og Noregsuniversitetet med verknad frå 1. januar 2004.
Det nye organet skal føre vidare oppgåvene dei to organa har hatt tidlegare, og samkjøyre og styrkje fellesoppgåver. Departementet foreslår at «Noregsuniversitetet» blir namn på det nye organet, og at det blir lokalisert ved Universitetet i Tromsø. Organet vil bli organisert i samsvar med §18 i universitets- og høgskolelova. Ein del av stillingsressursen til sekretariatet kan vere lokalisert andre stader.
Departementet foreslår å føre vidare løyvinga til dei to organa slik at det nye organet får ei samla tildeling på 21 mill. kroner i 2004. Midlane skal finansiere utvikling av fleksible læringstilbod i høgre utdanning samt kunnskapsgenerering og spreiing av kunnskap og informasjon om slike tilbod. Departementet føreset at midlane som går til utvikling av fleksible tilbod, minst skal haldast på same nivå etter samanslåinga. Vidare skal løyvinga gå til å styrkje nettverk og samarbeid omkring etter- og vidareutdanning som er relatert til arbeidslivet, samt dekkje utgifter til styret sitt arbeid og sekretariat. Departementet legg til grunn at samanslåinga fører til at samla ressursar til administrering blir redusert.
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Departementet foreslår å tildele 32,4 mill. kroner til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2004.
Tildelinga skal òg dekkje utgifter NOKUT har til godkjenning av fagskoleutdanningane, jf. lov om fagskoleutdanning, som vart vedteken våren 2003. Budsjettramma er auka med 2 mill. kroner i samband med dette i framlegg til budsjett for 2004. For nærmare omtale, sjå kategori 07.50.
Nordisk avtale om tilgjenge til høgre utdanning
Avtalen mellom dei nordiske landa om tilgjenge til høgre utdanning blir ført vidare i 2004. Avtalen er forlenga med tre år, fram til utgangen av 2006. Talet på norske studentar i andre nordiske land viser ein viss auke i studieåret 2001-02. Utgiftene i samband med avtalen vil derfor gå noko opp.
Utdanningsforsking
Prosjektet som vurderer arbeidsmarknaden for kandidatar med høgre utdanning, og programmet for å måle fullføringsgraden i utdanningssystemet vil bli ført vidare i 2004. Løyvinga vil også bli nytta til å finansiere Kandidatundersøkingane og Akademikerregisteret.
Vidare samarbeider departementet med Statistisk sentralbyrå om modellar for framtidige tilbod og behov i arbeidsmarknaden.
Departementet foreslår å føre vidare tildelinga på 2,5 mill. kroner over kap. 281 til forskingsprogrammet «Kunnskap, utdanning og læring» i 2004. Sjå òg omtale under kap. 248.
Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM)
Departementet foreslår ei løyving på 4,6 mill. kroner til Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) i 2004. Midlane skal nyttast til driftsutgifter i samband med aktivitetar knytte til vidaregåande opplæring, høgre utdanning og forsking ved NAROM.
Samordna opptak
Departementet foreslår å tildele 20,6 mill. kroner til Samordna opptak i 2004. Midlane skal finansiere koordineringa av opptak til høgre utdanning.
Norum-utvalet
Arbeidsgruppa som skulle vurdere organisering av Noregs veterinærhøgskole (NVH) og Noregs landbrukshøgskole (NLH) og etablering av tilfredsstillande fasilitetar for stasjonær undervisning i klinisk veterinærmedisin (Norum-utvalet) la fram si tilråding i juni. I utvalet var det semje om organisatorisk samanslåing av dei to vitskaplege høgskolane, men delt syn på fysisk samanslåing. Eit fleirtal på fire foreslår at veterinærutdanninga (NVH) og veterinærinstituttet (VI) blir flytte til Ås, medan mindretalet på tre meiner at veterinærutdanninga framleis bør liggje på Adamstua i Oslo. Ut over dette er det ei rekkje forslag som inneber styrking av nordisk samarbeid, betre utnytting av fasilitetar, auka samordning av masterutdanning, og felles forskarskole og tverrfaglege forskargrupper.
Statsbygg har lagt fram grove overslag over kva dei to alternativa vil krevje av investeringar. Vidareføring av NVH på Adamstua vil liggje innafor eit kostnadsspenn på 800-1 100 mill. kroner (med nytt klinikkbygg, men utan renovering av andre bygg). Flytting av NVH og VI til Ås vil liggje i kostnadsspennet 2 500 - 3 300 mill. kroner (utan salsinntekter frå Adamstua og utan eventuelle gevinstar av sambruk av areal). Statsbygg gjer merksam på at tala er svært usikre.
Departementet vil gi Statsbygg i oppdrag å konsekvensutgreie forslaga frå både fleirtalet og mindretalet i Norum-utvalet når det gjeld lokalisering. Konsekvensutgreiinga skal omfatte både økonomisk analyse, funksjonsanalyse (arealbehov, sambruk) og analyse over smittefare.
Bygg og lokale
Løyvingar til byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren blir gitte under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett, jf. kap. 1580 og kap. 2445.
I 2004 blir det foreslått startløyving på 24 mill. kroner til rehabilitering av bygg for Falstadsenteret. Vi viser til nærmare omtale under Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett, jf. kap. 2445 post 30.
I ein merknad i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) bad Stortinget departementet gjere greie for status for byggjeprosjekt i universitets- og høgskolesektoren.
Følgjande byggjeprosjekt er eller blir planlagt ferdigstilte i løpet av året: nybygg for Høgskolen i Molde, samlokalisering av Høgskolen i Akershus på Kjeller, første byggjetrinn for Kunsthøgskolen i Oslo, bygg for biologiske basalfag ved Universitetet i Bergen, idrettsanlegg i Bø for Høgskolen i Telemark, teorifagbygg i Breivika for Universitetet i Tromsø (planlagt ferdig i desember 2003).
Det blir no gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av byggjeprosjektet i forskingsparken på Svalbard. Denne er ikkje ferdigstilt og det vert derfor ikkje lagt fram forslag om kostnadsramme før rapporten om kvalitetssikring er levert departementet og vurdert.
Følgjande prosjekt fekk startløyving i revidert nasjonalbudsjett for 2003: Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Nesna, Noregs musikkhøgskole, Høgskolen i Bodø og Studentsenteret i Bergen. For bygg innanfor husleigeordninga legg departementet full husleigekompensasjon til grunn.
Prosjekt som har fått startløyving
Institusjon | Brutto areal m2 (nybygg. + ombygg.) | Prosjekt | Kostnadsramme1 (i 1 000 kr) |
---|---|---|---|
Universitetet i Tromsø | 38 000 | Breivika VI, teorifagbygg inkl. østre fløy | 851 100 |
Universitetet i Oslo | 6 900 | Urbygningen | 193 200 |
Universitetssenteret på Svalbard | 8 502+552 | Nybygg | Ikkje fastsett |
Høgskolen i Østfold | 11 284+15 097 | Remmen | 630 900 |
Høgskolen i Stavanger | 13 714 | Sentralbygg med felles undervisningsrom, studentareal, administrasjon og spesialrom | 380 000 |
Høgskolen i Nesna | 5 031 | 144 500 | |
Høgskolen i Bodø | 4 650 | Mørkved, byggjetrinn IVB | 153 900 |
Noregs musikkhøgskole | 6 838+1 340 | Samlokalisering på Majorstua | 292 100 |
Universitetet i Bergen | 11 025 | Studentsenteret | 324 800 |
1 Kostnadsramme pr. 1. juli 2004 på 85 pst. sannsynsnivå. Styringsramma for prosjekta er på 50 pst. sannsynsnivå. For Universitetet i Oslo, Urbygningen er kostnadsramma pr. 1. juli 2003, jf. omtale i Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett, kap. 1580.
Den totale kostnadsramma på prosjekt som har fått startløyving, er på om lag 3 mrd. kroner. I tillegg kommer Universitetssenteret på Svalbard, som ikkje har fått fastsett kostnadsramme fordi ein arbeider med ei ekstern kvalitetssikring.
I tillegg prioriterer departementet følgjande byggjeprosjekt i nemnte rekkjefølgje: bygg for informatikk ved Universitetet i Oslo (IFI II), bygg for odontologisk fakultet ved Universitetet i Bergen, bygg for Samisk høgskole, samlokalisering av Høgskolen i Vestfold (bygg for lærarutdanninga i Borre), bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo i Pilestredet Park, samlokalisering av Høgskolen i Bergen, byggjetrinn to for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø og samlokalisering av Kunsthøgskolen i Bergen. Desse prosjekta er framleis under prosjektering. Departementet vil komme tilbake til byggjeprosjekta i samband med dei årlege budsjetthandsamingane.
Det udekte behovet for bygg i universitets- og høgskolesektoren har fleire årsaker. Etter høgskolereforma i midten av 1990-åra har det vore arbeidd med å samlokalisere verksemder der dette har vore mogleg. I tillegg har fleire institusjonar eit etterslep i lokale som følgje av auka studenttal i midten av 1990-åra. Fleire institusjonar har dessutan eldre og lite formålstenlege lokale.
Behovet for nyinvesteringar og oppgradering av bygg i sektoren er kartlagt av eksterne konsulentar på oppdrag frå departementet. Kartlegginga er dels basert på innspel frå sektoren. Departementet vil gjere ei nærmare vurdering av resultata av rapporten. I merknaden i Budsjett-innst. S. nr. 12 (2002-2003) ber Stortinget departementet om å diskutere forholdet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet og spørsmålet om alternative finansieringsformer for bygg ved universitet og høgskolar. Det er naturleg å diskutere desse spørsmåla i samband med handsaminga av innstillinga frå Ryssdalutvalet og utgreiinga av organiseringa av Statsbygg. Departementet vil komme tilbake til saka.
Stortinget har i samband med oppmodingsvedtak tidlegare stilt spørsmål om avklaring av finansieringsbehovet for IFI-bygget og status for gjennomgang av bygningsmassen ved Noregs landbrukshøgskole. Statsbygg arbeider med forprosjekt og tilhørande kostnadsramme for IFI II-bygget. Dette er rekna å vere ferdig våren 2004. Prosjektet har eit omfang som deretter gjer det naudsynt med ei ekstern kvalitetssikring før kostnadsramma kan leggjast fram.
Når det gjeld Noregs landbrukshøgskole, har høgskolen lagt fram si prioritering av ulike rehabiliteringsprosjekt for departementet i desember 2002. Departementet har i februar 2003 bede Statsbygg utarbeide kostnadsrammer for dei prioriterte prosjekta. Når kostnadsrammer ligg føre, vil dei ulike behova ved Noregs landbrukshøgskole måtte vurderast og prioriterast i høve til andre byggjeprosjekt i sektoren. Vi viser til omtale av rapport frå Norum-utvalet foran.
Oversikta nedanfor viser byggjeprosjekt som er sende til Statsbygg for vidare utgreiing. I tillegg til desse kjem to prosjekt der private utbyggjarar står for investeringa, og der Statsbygg har ei rådgivingsrolle: Høgskolen i Oslo Pilestredet 56, Avdeling for økonomi, kommunal- og sosialfag og Kunsthøgskolen i Oslo, andre byggjetrinn. Oversikta gir eit bilete av arealbehovet ved institusjonane på kort og mellomlang sikt.
Vidare har Riksrevisjonen gjennomført ei analyse av bevarings-, sikrings- og samlingsarbeidet ved fem statlege museum, blant dei to universitetsmuseum, jf. Dokument nr. 3:9 (2002-2003). Fleire av dei forholda Riksrevisjonen peikar på krev større bygningsmessige investeringar.
Dei statlege høgskolane er omfatta av ei husleigeordning som inneber at dei må betale husleige til Statsbygg for lokala. I universitetssektoren eig universiteta sjølve bygningane, og er ansvarlege for forvaltning, drift og vedlikehald. I nokre tilfelle leiger universiteta bygg av Statsbygg eller andre aktørar. Byggjeprosjekt må normalt fremjast for Stortinget, men Statsbygg har likevel fullmakt til å setje i verk enkelte prosjekt innanfor gitte rammer, sjå m.a. St.prp. nr. 1 (1998-99). Mindre prosjekt er såkalla kurantprosjekt, som kan starte opp dersom inndekking for husleigebeløpet kan skje innanfor ordinære budsjettrammer.
Prosjekta i dei to tabellane nedanfor er prosjekt som krev vedtak i Stortinget om startløyving etter at kostnadsramma er fastsett. For høgskolar innanfor husleigeordninga er det for desse prosjekta behov for midlar til auka husleige.
Byggjeprosjekt som er under forprosjektering
I denne fasen blir byggjeprosjektet teikna ut og planlagt på eit detaljert nivå. Kostnadsramma vert fastsett etter at forprosjektet er avslutta.
Institusjon | Brutto areal m2 (nybygg.+ ombygg.) | Prosjekt |
---|---|---|
Universitetet i Oslo | 27 000 | Informatikk, 2. byggjetrinn (IFI II) |
Universitetet i Bergen | 15 000-18 000 | Odontologisk fakultet |
Høgskolen i Vestfold | 15 850 | Lærarutdanninga til Borre, samlokalisering |
Høgskolen i Oslo | 19 000 | Pilestredet Park, sjukepleiarutdanning |
Høgskolen i Bergen | 48 000 | Samlokalisering |
Byggjeprosjekt som er under utgreiing/programmering
Prosjekta i tabellen nedanfor er i ei tidlegare fase i planlegginga.
Institusjon | Brutto arealer m2 (nybygg.+ombygg.) | Prosjekt |
---|---|---|
Samisk høgskole | Ikkje fastsett | Kautokeino. Samlokalisering med fleire institusjonar, m.a. Nordisk Samisk institutt, under planlegging |
Universitetet i Tromsø | Ikkje fastsett | Medisin og helsefag, byggjetrinn 2 |
Kunsthøgskolen i Bergen | 17 500 | Samlokalisering |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 19 500 | Avdeling for sjukepleie |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Kulturhistorisk museum, Sørenga |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Preklinisk odontologi |
Universitetet i Oslo | 3 000-4 000 | Odontologisk fakultet |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 13 200+8 800 | Sogndal |
Universitetet i Oslo | Ikkje fastsett | Domus Media, vestre fløy |
Noregs handelshøgskole | Ikkje fastsett | Utflytting Merinobygget |
Høgskolen i Tromsø | 5 150 | Samlokalisering, flytting av avdeling for ingeniørfag og økonomi |
Universitetet i Oslo | 30 000 | Kjemibygningen |
Høgskolen i Oslo | 11 000 | Pilestredet Park, Kvinneklinikken |
Prosjekt under bygging
Følgjande prosjekt innanfor husleigeordninga er såkalla kurantprosjekt, eller andre prosjekt der husleigekostnadene blir dekte innanfor ordinær budsjettramme.
Institusjon | Brutto arealer m2 (nybygg.+ombygg.) | Prosjekt | Kostnadsramme (i 1 000 kr) |
---|---|---|---|
Høgskolen i Bodø | 6 700 | Mørkved, byggjetrinn IVa. Samlokalisering, flytting av Avd. for lærerutdanning | 184 000 |
Høgskolen i Lillehammer | 1 130+1 500 | Filmutdanninga | 38 500 |
Høgskolen Stord-Haugesund | 2 670+550 | Rommetveit. Samlokalisering, flytting av Avd. for sjukepleie | 55 400 |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 3 600+1 750 | Førde | 90 200 |
Byggjeprosjekt som er under forprosjektering
Prosjekta i tabellen nedanfor er i fasen der byggjeprosjektet blir teikna ut og planlagt på eit detaljert nivå. Kostnadsramma vert fastsett etter avslutta forprosjekt.
Institusjon | Brutto areal m2 (nybygg.+ombygg.) | Prosjekt |
---|---|---|
Universitetet i Oslo | 6 000-7 000 | Domus Medica |
Universitetet i Oslo | 6 300 | Forskningsveien 3, tilbygg |
Høgskolen i Sør-Trøndelag | 14 000 | Kalvskinnet |
Byggjeprosjekt som er under utgreiing/programmering
Prosjekta i tabellen nedanfor er i ei tidlegare fase i planlegginga.
Institusjon | Brutto arealer m2 (nybygg.+ombygg.) | Prosjekt |
---|---|---|
Høgskolen i Gjøvik | 400+3 040 | Nytt sentralbygg |
Universitetssenteret på Svalbard | Ikkje fastsett | Feltstasjon for nordlysobservasjon |
Høgskolen i Volda | Nytt Ivar Aasen-bygg | |
Høgskolen i Sogn og Fjordane | 757 | Akvakulturstasjon |
Høgskolen i Østfold | 11 500 | Etterbruk, Sarpsborg |
Høgskolen i Hedmark | 3 600 | Midtbyen skole |
Høgskolen i Agder | Ikkje fastsett | Flytting av musikkonservatoriet |
Museumsprosjekt og artsdatabanken
Utdannings- og forskingsdepartementet foreslår å føre vidare tildelinga til Museumsprosjektet med 3 mill. kroner i 2004.
Artsdatabanken er ein del av Regjeringa si oppfølging av St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold. Artsdatabanken skal gi elektronisk oversyn over dei biologiske artane i landet. Finansieringa kjem frå ulike departement. Det blir foreslått å tildele 6 mill. kroner til Artsdatabanken over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett i 2004.
Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen
Evalueringa av Senter for kompetanseutvikling i den fleirkulturelle skolen (SEFS) ved Høgskolen i Oslo viser positive resultat og departementet foreslår å tildele kr 900 000 over kap. 281 i 2004 til vidareføring av verksemda innanfor eit nytt nasjonalt senter for ein fleirkulturell skole og utdanning ved Høgskolen i Oslo, jf. kategoriomtale 07.20 og kap. 226. Det er føresetnaden at dette senteret trekk inn den kompetanse høgskolen har innanfor Senter for fleirkulturelt og internasjonalt arbeid (SEFIA) og lærarutdanninga.
Forskingsprogram under Noregs forskingsråd
Departementet foreslår å føre vidare avsetjinga på 30 mill. kroner til forskingsprogram for statlege høgskolar i 2004. Programmet er administrert av Noregs forskingsråd.
Departementet foreslår å føre vidare tildelinga med respektive 3,5 mill. kroner og 5 mill. kroner til forskingsprogramma MOBI og KUPP over kap. 281 i 2004.
Auka kommersialisering av oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Som ein følgje av endringane i universitets- og høgskoleloven har universitet og høgskolar fått eit auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Departementet foreslår å føre vidare løyvinga på 6 mill. kroner til FORNY-programmet over kap. 281 i 2004. Totalt er det foreslått å nytte 17,5 mill. kroner til FORNY-programmet over budsjettet til departement. For nærmare omtale, sjå programkategori 07.60 og 07.70.
Senter for internasjonalisering av høgre utdanning
Frå 1. januar 2004 skal det opprettast eit nytt senter for internasjonalisering av høgre utdanning ved å utvide Universitets- og høgskolerådet sitt Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU) og gjere det om til eit forvaltningsorgan med eige styre. Dei som arbeider ved SIU i dag, vil bli overførte frå Universitetet i Bergen til det nye senteret frå 1. januar 2004. Saka har vore greidd ut i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet. Departementet foreslår å tildele det nye senteret 13 mill. kroner. Midlane skal dekkje nye aktivitetar som profilering av norsk høgre utdanning og norske universitet og høgskolar i utlandet, rådgiving og kompetanseoppbygging i internasjonaliseringsarbeid for sektoren. I tillegg til dei nye oppgåvene skal midlane dekkje drift av SOKRATES og andre internasjonale samarbeidsprogram på utdanningsområdet.
Tilrettelegging for funksjonshemma studentar
Departementet foreslår å løyve 3 mill. kroner til å følgje opp St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer. Løyvinga vil m.a. bli nytta til ei kartlegging av den fysiske tilgangen til universitet og høgskolar. Delar av løyvinga går til Statsbygg for såkalla Beste praksis-identifisering av effektiv tilpassing av eldre byggmasse for funksjonshemma studentar. Dette bør leggje til rette for effektiv bruk av dei ressursane som institusjonane skal nytte innanfor sine budsjettrammer for å tilretteleggje areal for funksjonshemma studentar. Vidare vil Statsbygg få eit oppdrag om å utvikle rutinar for effektiv utforming av nye bygg tilpassa funksjonshemma studentar. Tilsvarande vil det bli tildelt midlar til institusjonar som eig bygga sine.
Talentutviklingsprogram i musikk
I samsvar med St.meld. nr. 18 (2001-2002) Om høyere kunstutdanning foreslår departementet å tildele 2 mill. kroner i 2004 til eit talentutviklingsprogram i musikk. Programmet vil vere eit treårig forsøksprosjekt mellom Noregs musikkhøgskole, dei tidlegare konservatoria, musikk- og kulturskolar og vidaregåande opplæring, der dei høgare lærestadene får eit visst ansvar for å ivareta musikktalent under 19 år. Forsøket vil skje i samarbeid med det opplegget til same aldersgruppe som Barratt Dues Musikkinstitutt allereie tilbyr.
Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid
Det nye stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid skal vere ope for alle kunst- og musikkfaglege miljø i Noreg. For 2003 vart det tildelt midlar til seks stipendiatstillingar. Det er foreslått å tildele midlar til tre nye stipendiatstillingar i 2004.
Kapitlet finansierer òg prosjektretta stillingar i departementet knytte til oppfølging av prosjekt under budsjettkapitlet.
Post 30 Fellesmidlar, kan overførast
Løyvinga har blitt nytta til arbeid utomhus og andre fellestiltak i samband med byggjeprosjekt ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane.
Midlane er foreslått lagde inn i budsjettramma til universiteta, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga blir nytta til større utstyrsinnkjøp. Departementet fordeler løyvinga på universitet og høgskolar.
Departementet foreslår ei løyving på 20,6 mill. kroner til større utstyrskjøp og vedlikehald i 2004.
Post 70 Tilskott til utgiving av lærebøker
Lærebokutvalet for høgre utdanning har til oppgåve å fordele dei midlane som kvart år blir løyvde av Stortinget til utgiving av lærebøker for høgre utdanning. Utvalet skal medverke til å betre den språklege likestillinga for lærebøker innanfor høgre utdanning ved å prioritere søknader til lærebøker som dekkjer eit dokumentert mangelområde, lavopplagsbøker og basisutgåver på nynorsk og samisk. Departementet foreslår å leggje forvaltninga av tilskottet til utgiving av lærebøker til Universitets- og høgskolerådet, jf. kap. 281 post 78.
Post 71 Tilskott til Stiftelsen for helsetenesteforsking
Stiftelsen for helsetenesteforsking ved Universitetssjukehuset i Akershus skal drive utgreiings-, forskings- og utviklingsverksemd i helsesektoren og medverke til å fremme kvalitet i pasienthandsaminga og rasjonell bruk av ressursar som blir nytta til helsetenester, med hovudvekt på drift av sjukehus. Vidare skal stiftinga medverke til å bevare og utvikle vidare fagleg miljø og vitskapleg kompetanse ved Universitetssjukehuset i Akershus.
Det er foreslått å etablere eit nytt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta ved å slå saman Senter for medisinsk metodevurdering (SMM), Stiftelsen for helsetenesteforsking (HELTEF) og den delen av Divisjon for kunnskapshandtering i Sosial- og helsedirektoratet som arbeider i forhold til helsetenesta. Departementet foreslår å overføre 5,2 mill. kroner til Helsedepartementet sitt budsjett, jf. kap. 725 post 01, i St.prp. nr. 1 (2003-04).
Post 72 Stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar
Tilskottsordninga skal skape økonomisk grunnlag for eit systematisk etterutdanningstilbod for kunstnarar med forankring i kunsthøgskolane og andre aktuelle fagmiljø. Tilskottet kan bli tildelt kunstnarar som er tekne opp ved kunstfagleg etterutdanningstilbod organisert av Kunsthøgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Kunsthøgskolen i Oslo fekk i 2000 ansvaret for å forvalte tilskottsordninga. Stipenda blir delte ut etter tilråding frå ein stipendkomité. Komiteen er oppnemnd for ein periode på tre år av styret for Kunsthøgskolen i Oslo, etter forslag frå kunstnarorganisasjonane og kunsthøgskolane.
Tilskottsordninga blei evaluert i 2003. Departementet ser på etterutdanning for kunstnarar som eit viktig tilbod og vil føre vidare ordninga, men evalueringa viser at det er knytt store utgifter til å administrere ordninga. Departementet føreset at utgiftene til administrasjon blir reduserte, slik at midlane i større grad blir nytta til kurstilbod og stipend.
Departementet foreslår ei løyving på 2,1 mill. kroner til stipendmidlar for etterutdanning av kunstnarar i 2004.
Post 73 Tilskott til internasjonale program
Gjennom EØS-avtalen tek Noreg del i alle EU sine gjeldande eller vedtekne program på utdanningsområdet. Forslaget til budsjett på denne posten dekkjer deltakinga i SOKRATES-programmet og andre mindre omfattande aktivitetar på utdanningsområdet, som førebuande tiltak i utdannings- og ungdomspolitikken og Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004. For omtale av LEONARDO DA VINCI, sjå kap. 223 post 72.
Departementet vil komme tilbake til spørsmål om deltaking i EU sitt nye utdanningsprogram, ERASMUS Mundus. Målsetjinga for programmet er å auke kvaliteten i høgre utdanning ved å utvikle ei global forståing for europeisk høgre utdanning og ved å fremme samarbeid med land utanfor EU/EØS-området. Europeiske høgre utdanningsinstitusjonar skal utvikle felles kurs, med eit eige stipendprogram på mastergradsnivå for studentar frå alle land i verda utanfor EU/EØS-området.
Det norske tilskottet til EU-kontingenten for SOKRATES-programmet, Det europeiske språkåret 2001 og førebuande tiltak i utdannings- og ungdomspolitikken var på 45 mill. kroner i 2002. I tillegg har det nasjonale SOKRATES-kontoret fått 7,4 mill. kroner.
I skolesamarbeidet i SOKRATES, COMENIUS, fekk i alt 229 norske skolar støtte til prosjektsamarbeid med skolar i andre europeiske land. Også i 2002 var søkinga så god at Noreg fekk ekstraløyving til denne delen av programmet frå EU-kommisjonen. 156 norske lærarar fekk stipend for å delta på etterutdanningskurs i utlandet. 2002 var det andre året for tildeling av middel til GRUNDTVIG-delen av programmet, som gjeld vaksenopplæring og grupper med særskilde behov. Det var god søking til læringspartnarskapa. Av 22 prosjekt der Noreg er med, er seks norskkoordinerte. Dette er ein auke frå året før.
I oktober 2002 vart norsk ERASMUS-student nr. 10 000 feira, samstundes med markeringa av ERASMUS-student nr. 1 million på europeisk nivå. 2001-02 er første gong det kom fleire ERASMUS-studentar til Noreg enn det reiste ut. Talet på utreisande studentar går ned. Departementet arbeider derfor aktivt for å auke aktiviteten i ERASMUS, spesielt med tanke på å oppfylle internasjonaliseringskrava i Kvalitetsreforma. Tabellen nedanfor syner talet på inn- og utreisande studentar i perioden 1992-93 til 2000-01:
ERASMUS-studentar
År | Inn | Ut |
---|---|---|
1992-93 | 155 | 474 |
1995-96 | 727 | 1 212 |
1998-99 | 983 | 1 101 |
1999-2000 | 1 008 | 1 107 |
2000-01 | 980 | 1 008 |
2001-02 | 1 100 | 970 |
Det har vore ein auke i dei fagleg tilsette sin bruk av ERASMUS dei siste par åra:
Utveksling av lærarar gjennom ERASMUS
År | Inn | Ut |
---|---|---|
2000-01 | 165 | 171 |
2001-02 | 170 | 229 |
Departementet foreslår ei løyving på 62,6 mill. kroner i 2004. Løyvinga skal mellom anna dekkje kontingentutgifter til EU. Midlar til drift av programma er foreslått lagde inn i rammene til det nye senteret for internasjonalisering av høgre utdanning, jf. omtale under post 01.
Post 74 Tilskott til UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som eit statleg aksjeselskap 29. november 2002. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudiane på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994. Statens eigarinteresser blir forvalta av Utdannings- og forskingsdepartementet.
Universitetssenteret på Svalbard har gitt gode resultat med omsyn til både undervisning, forsking og bidrag til lokalsamfunnet i Longyearbyen. UNIS har fire studieretningar: arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Studentaktiviteten utgjorde i 2002 121 60-studiepoengseiningar. 60 pst. av studentane var utanlandske. I 2002 var det 53 studentar som arbeidde med hovudfagsoppgåve og 21 registrerte doktorgradsstudentar ved UNIS. Vidare tok 16 hovudfagsstudentar hovudfags- eller diplomoppgåva si ved UNIS i 2002.
Dei fire stipendiatstillingane som vart oppretta ved UNIS i 2001, er førte vidare i 2004. I tillegg fekk UNIS to nye stipendiatstillingar i 2003. Ei av desse er øyremerkte til bruk for russiske studentar.
UNIS fekk ei løyving på 42 mill. kroner i 2003.
Departementet foreslår ei løyving på 44,1 mill. kroner til UNIS i 2004. I tillegg vil UNIS bli tildelt midlar til to nye stipendiatstillingar over kap. 281 post 01.
Post 76 Tilskott til NORDUnet, kan overførast
NORDUnet AS er ein nordisk nettverksorganisasjon som skal sikre ein felles nettinfrastruktur (NORDUnet) for dei nordiske universitets- og høgskolesektorane og knytte dei til internasjonale nett og nettenester. Siktemålet er å gi nettbrukarane i dei nordiske landa høgre kvalitet og lågare pris på nett og nettenestene enn det dei nasjonale nettverksorganisasjonane kan realisere på eiga hand.
NORDUnet AS er organisert som eit dansk aksjeselskap, eigd av dei nasjonale nettverksorganisasjonane. Uninett AS forvaltar dei norske interessene i selskapet.
Departementet foreslår ei løyving på 20,6 mill. kroner til NORDUnet AS i 2004.
Post 77 Tilskott til Falstadsenteret
Stiftelsen Falstadsenteret vart etablert i 2000, etter initiativ frå Levanger kommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Tilskottet skal nyttast til å skape eit opplærings- og dokumentasjonssenter for krigens fangehistorie, humanitær folkerett og menneskerettar.
Formålet for stiftelsen er av allmenn, ideell karakter. Stiftinga skal ikkje drive økonomisk næringsverksemd med sikte på overskott, men gjennom drifta sørgje for vedlikehald av grunnkapitalen.
Departementet foreslår å overføre forvaltninga av tilskottet til Høgskolen i Nord-Trøndelag frå 2004, jf. kap. 274 post 50.
Post 78 Tilskott til Universitets- og høgskolerådet
Universitets- og høgskolerådet (UHR) er eit fellesorgan for statlege institusjonar innanfor høgre utdanning. Formålet med tilskottet er å utvikle og fremme forsking og høgre utdanning innanfor ein nasjonal forskings- og utdanningspolitikk. UHR skal fremme koordinering og arbeidsdeling innanfor universitets- og høgskolesektoren og overfor andre nasjonale aktørar.
UHR skal frå 1. januar 2004 forvalte tilskottet til utgiving av lærebøker, jf. kap. 281 post 70. Det er overført 7,5 mill. kroner til utgiving av lærebøker. Vidare er det lagt inn kr 250 000 til administrering av ordninga.
Departementet foreslår ei løyving på 14,5 mill. kroner til Universitets- og høgskolerådet i 2004.
Post 79 Ny universitetsklinikk i Trondheim, kan overførast
Formålet med tilskottet er å finansiere universitets- og høgskoledelen av den nye universitetsklinikken i Trondheim.
Første byggefase omfattar tre sentra, samt eit pasienthotell og teknisk forsyningssenter. Med bakgrunn i Stortinget sitt vedtak av mai 2002 om igangsetting av fase 1 på Øya, er Helse Midt-Norge RHF gitt fullmakt til å sette i verk anbudsprosessar og inngå kontraktar mv. innanfor ramma av Stortinget sitt vedtak. Utbygging av Laboratoriesenteret samt teknisk forsyningssenter vart starta før årsskiftet 2002-03. Deretter vart bygginga av Kvinne-barnsenteret, Nevrosenteret og pasienthotellet starta i perioden januar-mars 2003. Fase 1 er planlagt ferdistilt i 2006.
Departementet utbetalte i 2002 93 mill. kroner til Helse Midt-Norge RHF i samband med universitetsdelen av utbygginga. Departementet fekk i 2002 tilbakebetalt om lag 31,6 mill. kroner frå Sør-Trøndelag fylkeskomune. Prosjektrekneskapen for den perioden Sør-Trøndelag fylkeskommune hadde byggherreansvaret for utbygginga er med dette gjort opp.
Løyvingsforslaget for 2004 er på 618 mill. kroner. Midlane skal nyttast til vidare utbygging av fase 1, samt planlegging av fase 2 av utbygginga.
For nærare omtale av utbyggingsprosjektet, sjå omtale under kap. 739 post 76, samt kap. 732.
Post 90 Kapitalinnskott i forskingsstiftelsar
Løyvinga har vorte disponert til kapitalinnskott i stiftelsar eller til aksjekjøp dersom det har vore ønskeleg med slik medverknad frå universitet eller høgskolar i stiftingar og aksjeselskap. Det vart løyvd 1,2 mill. kroner i aksjekapital til Simula-senteret på Fornebu i 2002. Sjå òg omtale under kap. 285 post 52. Posten er foreslått avvikla, og midlane er foreslått overførte til kap. 281 post 01, som følgje av at institusjonane har fått utvida fullmakt til sjølv å etablere eller gå inn i randsoneinstitusjonar.
Kap. 3281 Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 5 565 | 180 | |
02 | Salsinntekter o.a. | 1 155 | 10 | |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 490 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 406 | ||
Sum kap. 3281 | 6 461 | 1 335 | 10 |
I høve til 2002 er det gjort desse tekniske endringane:
Inntektspost 02 er nedjustert med 1,2 mill. kroner, sjå parallell nedjustering av utgiftspost 01.
Mellom anna som ein følgje av avviklinga av Noregsnettrådet er grunnlaget for å nytta inntektspost 01 under kap. 3281 fallen bort.
Kap. 282 Privat høgskoleutdanning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskott | 445 021 | 511 485 | 571 244 |
Sum kap. 282 | 445 021 | 511 485 | 571 244 |
Post 70 Tilskott
Målsetjing
Tilskottet skal medverke til å sikre drift av ulike utdanningstilbod ved private høgskolar som oppfyller krava til fagleg nivå og øvrige vilkår i privathøgskolelova.
Vilkår for eksamensrett og statstilskott
Utover at krava for eksamensrett skal vere oppfylte, fastset lov av 11. juli 1986 nr. 53 om private høyskoler mellom anna følgjande vilkår for tildeling av statstilskott: Høgskolen må anten a) vere oppretta av religiøse eller etiske grunnar, b) vere oppretta som eit fagleg-pedagogisk alternativ eller c) utfylle det offentlege utdanningstilbodet på felt der det er eit udekt behov. I tillegg vil budsjettrammene vere avgjerande for om nye høgskolar/studium kan få tilskott.
Rapport for 2002-03
Frå 1. januar 2003 vart det innført ei ordning med institusjonsakkreditering av dei private høgskolane. NOKUT har ansvaret for denne ordninga. Akkrediteringsordninga representerer ei ny og meir generell godkjenningsordning, som legg til rette for at private høgskolar kan få ei fagleg eigenforvaltning meir på linje med den som statlege utdanningsinstitusjonar har. Dette gjeld både faglege fullmakter og retten til bruk av institusjonsnemningar. Departementet har i forskrift av januar 2003, «Forskrift om akkreditering, evaluering og godkjenning etter lov om universiteter og høgskoler og lov om private høyskoler», fastsett standardar for institusjonsakkreditering. NOKUT har utarbeidd utfyllande kriterium for institusjonsakkreditering i si forskrift av 5. mai 2003 «Forskrift om kriterier for akkreditering av institusjoner og standarder og kriterier for akkreditering av studietilbud i norsk høgre utdanning». Endeleg institusjonsakkreditering skal tildelast av departementet.
Frå 1. januar 2003 sakshandsamar NOKUT søknader om og tildeler eventuell eksamensrett etter privathøgskolelova. NOKUT har utarbeidd standardar og kriterium for tildeling av eksamensrett og vil utarbeide nærmare retningslinjer. Tabellen nedanfor syner tal på kandidatar og opptak ved private høgskolar som mottok støtte over kap. 282 i 2001 og i 2002. Tabellen er basert på rapportar frå institusjonane:
Privat høgskoleutdanning - kandidattal og opptakstal for kategoriar for utdanning (personar)
Private høgskolar - utdanningar med statstilskott over kap. 282 | Registrerte kandidattal 2001 | Registrerte kandidattal 2002 | Registrerte opptakstal 2001 | Registrerte opptakstal 2002 |
---|---|---|---|---|
Sjukepleiarutdanning | 385 | 422 | 501 | 556 |
Vernepleiarutdanning | 96 | 110 | 66 | 116 |
Sosionomutdanning | 81 | 81 | 97 | 112 |
Ergoterapiutdanning | 33 | |||
Andre helse- og sosialrelaterte utdanningar | 776 | 741 | 446 | 998 |
Cand.theol-utdanning | 42 | 56 | 64 | |
Allmennlærarutdanning | 93 | 56 | 201 | 175 |
Førskolelærarutdanning | 208 | 159 | 250 | 268 |
Anna utdanning innanfor teologi, pedagogikk og kunst | 1 006 | 896 | 1 545 | 1 964 |
Siviløkonomutdanning | 545 | 341 | 421 | 318 |
Sivilmarknadsførarutdanning | 140 | 105 | 315 | 254 |
Revisorutdanning | 40 | 64 | 144 | 139 |
Ingeniørutdanning | 26 | 37 | 65 | 53 |
Andre økonomiske, journalistiske og tekniske utdanningar | 4 196 | 4 632 | 9 609 | 9 140 |
Sum privat høgskoleutdanning | 7 634 | 7 700 | 13 724 | 14 126 |
Tabellen nedanfor viser avlagde studiepoeng per student i 2001 og 2002:
Avlagde studiepoeng ved private høgskolar
Institusjon | Studiepoeng per student 20011 | Studiepoeng per student 20021 |
---|---|---|
Diakonhjemmet Høgskole | 32,16 | 34,42 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 54,23 | 47,06 |
Betanien diakonale høgskole2 | 52,14 | 49,33 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 31,42 | 34,01 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 41,30 | 43,52 |
Rogaland Høgskole | 43,18 | 30,67 |
Det teologiske Menighetsfakultet | 43,96 | |
Misjonshøgskolen | 43,07 | 49,22 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 40,73 | 36,92 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 32,76 | 38,76 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 50,09 | 44,29 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 52,31 | 32,00 |
Den norske Eurytmihøyskole | 60,00 | 60,00 |
Barratt Dues musikkinstitutt | 49,60 | 52,50 |
Den Norske Balletthøyskole | 60,00 | 57,93 |
Bergen Arkitekt Skole | 57,82 | 58,33 |
Handelshøyskolen BI | 37,32 | 37,97 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 45,39 | 44,15 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 48,68 | 51,59 |
Norsk Reiselivshøyskole | 47,93 | |
Oslo Merkantile Høyskole | 52,53 |
1 Byggjer på tal rapporterte av institusjonane til DBH.
2 Frå 1. august 2003 endra Betanien Sykepleierhøgskole namn til Betanien diakonale høgskole.
Data som blir rapporterte av høgskolane er mellom anna grunnlag for resultatbasert tildeling og slike data skal ha særattestasjon frå revisor.
Tabellen nedanfor gir eit oversyn over det økonomiske omfanget av verksemda ved dei private høgskolane med statstilskott i 2002:
Private høgskolar - statstilskott (kap. 282), totale driftsinntekter og driftskostnader i 2002
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | Tilskott frå kap. 2821 | Totale driftsinntekter2 | Driftskostnader (eksl.husleige)2 |
Diakonhjemmet Høgskole | 42 439 | 79 295 | 74 395 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 18 404 | 22 365 | 19 982 |
Betanien diakonale høgskole | 14 239 | 18 402 | 15 251 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 34 661 | 47 796 | 41 986 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 14 080 | 20 086 | 17 871 |
Rogaland Høgskole | 15 621 | 21 228 | 19 776 |
Det teologiske Menighetsfakultet | 32 359 | 54 573 | 64 054 |
Misjonshøgskolen | 8 159 | 21 305 | 22 974 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 31 288 | 38 619 | 34 596 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 22 088 | 28 662 | 29 247 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 48 288 | 53 335 | 54 838 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 6 547 | 8 195 | 7 286 |
Den norske Eurytmihøyskole | 2 079 | 2 341 | 2 020 |
Barratt Dues musikkinstitutt | 9 482 | 10 705 | 8 163 |
Den Norske Balletthøyskole | 2 536 | 3 860 | 3 228 |
Bergen Arkitekt Skole | 6 678 | 9 527 | 9 331 |
Handelshøyskolen BI | 96 030 | 858 360 | 751 130 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 22 005 | 97 516 | 80 407 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 8 494 | 19 221 | 17 785 |
Norsk reiselivshøgskole | 5 179 | 28 851 | 25 598 |
1 Saldert budsjett 2002 og Revidert nasjonalbudsjett for 2002.
2 Byggjer på tal rapporterte av institusjonane.
Tabellen nedanfor viser registrerte studentar hausten 2001 og hausten 2002 ved private høgskolar som tek imot støtte over kap. 282 og statstilskott til desse i 2003.
Privathøgskoleutdanning - studenttal 2001 og 2002, samt statstilskott 2003
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Privat høgskoleutdanning | Registrerte studentar hausten 20011 | Registrerte studentar hausten 20021 | Statstilskott 2003 (endeleg brev om tilsegn) |
Diakonhjemmet Høgskole | 46 005 | ||
- sjukepleiarutdanning | 311 | 384 | |
- sosionomutdanning | 278 | 296 | |
- andre studium | 646 | 645 | |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 291 | 320 | 21 055 |
Betanien diakonale høgskole | 290 | 270 | 15 498 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 443 | 411 | 15 395 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 767 | 750 | 37 693 |
Rogaland Høgskole | 403 | 495 | 20 653 |
Det teologiske Menighetsfakultet | 37 264 | ||
- praktikum | 27 | 20 | |
- øvrige | 988 | 743 | |
Misjonshøgskolen | 10 331 | ||
- praktikum | 17 | 14 | |
- øvrige | 185 | 203 | |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 619 | 627 | 24 397 |
Norsk Lærerakademi, Lærarhøgskolen | 523 | 616 | 33 493 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 775 | 829 | 51 618 |
Barratt Dues musikkinstitutt | 75 | 72 | 10 944 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 117 | 150 | 6 965 |
Den norske Eurytmihøyskole | 15 | 21 | 2 186 |
Den Norske Balletthøyskole | 30 | 29 | 2 687 |
Bergen Arkitekt Skole | 110 | 108 | 9 124 |
Handelshøyskolen BI | 120 898 | ||
- Master of Science | 106 | 216 | |
- siviløkonomutdanning | 1 768 | 1 753 | |
- sivilmarknadsførarutdanning | 814 | 831 | |
- revisorutdanning | 373 | 425 | |
- andre utdanningar | 14 230 | 14 403 | |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 25 808 | ||
- forkurs | 103 | 58 | |
- dataingeniørutdanning | 179 | 163 | |
- datautdanning | 1 722 | 1 581 | |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 159 | 157 | 8 971 |
Norsk reiselivshøyskole | 308 | 179 | 5 500 |
Oslo Merkantile Høgskole | 241 | 5 000 | |
Sum tilskott 2003 | 26 672 | 27 010 | 511 485 |
1 Tal på personar rapporterte av institusjonane til DBH.
Grunnlag for resultatbasert tildeling i nytt finansieringssystem 2004
Frå og med budsjettåret 2003 er det innført eit nytt finansieringssystem for private høgskolar. Det blir mellom anna lagt meir vekt på resultatbasert finansiering. Modellen skil mellom basisfinansiering, undervisningsfinansiering og forskingsfinansiering, sjå omtale St.prp. nr. 1 (2002-2003). Talet på 60-studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar er utgangspunktet for den resultatbaserte undervisningsfinansieringa. Tabellen nedanfor viser det samla talet på studiepoengseiningar og talet på utvekslingsstudentar i 2002, og vidare kva dette utgjer i endring frå 2001. Denne endringa er grunnlaget for endring i budsjettet for 2004. Sjå omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultat 2002 og grunnlag for endring av budsjett 2004 for private høgskolar
Høgskole | Tal på 60-studiepoengseiningar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 | Tal på utvekslingsstudentar 2002 | Grunnlag for endring av budsjett 2004 i høve til 2003 |
---|---|---|---|---|
Diakonhjemmet Høgskole | 613 | 19 | 13 | -4 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 245 | -14 | 0 | -13 |
Betanien diakonale høgskole | 196 | -5 | 2 | -5 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 215 | 12 | 2 | 2 |
Lovisenberg diakonale Høgskole | 439 | -20 | 2 | -7 |
Rogaland Høgskole | 253 | -53 | 11 | 9 |
Det teologiske Menighetsfakultet | 377 | 1 | 23 | -2 |
Misjonshøgskolen | 119 | 28 | 16 | 3 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 385 | 35 | 5 | -5 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 337 | 35 | 0 | -8 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 600 | -41 | 16 | 2 |
Barratt Dues musikkinstitutt | 58 | 5 | 1 | 1 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 77 | -17 | 0 | -3 |
Den norske Eurytmihøyskole | 21 | 6 | 3 | 1 |
Den norske Balletthøyskole | 28 | -2 | 0 | 0 |
Bergen Arkitekt Skole | 105 | -1 | 3 | 1 |
Handelshøyskolen BI | 3 393 | 247 | 496 | 63 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 1 110 | 165 | 0 | 0 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 111 | -7 | 0 | 0 |
Norsk reiselivshøgskole | 112 | -14 | 0 | 0 |
Oslo Merkantile Høgskole | 163 | 0 | 0 | 0 |
Sum | 8 957 | 379 | 593 | 35 |
Budsjettforslag for 2004
For alle institusjonane på kap. 282 blir studium som får støtte spesifisert. Tabellen nedanfor gir ei oversikt over studium som får støtte i budsjettet for 2004:
Oversikt over studium som får støtte i 2004
Institusjon | Studium |
---|---|
Diakonhjemmet Høgskole | Sjukepleiarutdanning, sosionomutdanning, diakoni, psykisk helsearbeid, familieterapi, aldring og eldreomsorg, organisasjon og leiing |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | Sjukepleiarutdanning, diakoni, helsesøsterutdanning |
Betanien diakonale høgskole | Sjukepleiarutdanning, aldring og eldreomsorg |
Lovisenberg diakonale høgskole | Sjukepleiarutdanning, diakoni, aldring og eldreomsorg |
Diakonissehjemmets Høgskole | Sjukepleiarutdanning |
Rogaland Høgskole | Vernepleiarutdanning, ergoterapiutdanning |
Det teologiske Menighetsfakultet | Praktikum, kristendom lågare grad, kristendom høgre grad, teologistudiet |
Misjonshøgskolen | Praktikum, teologistudiet lågare grad, teologistudiet høgre grad |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | Allmennlærarutdanning, førskolelærarutdanning |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | Ex.phil./ex.fac., interkulturell forståing, kristendomskunnskap lågare grad, kristendomskunnskap høgre grad, pedagogikk lågare grad, pedagogikk høgre grad, master in Philosophy in Education/Religious Education |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | Førskolelærarutdanning, drama, førskolepedagogikk, spesialpedagogikk, pedagogisk rettleiing, pedagogisk arbeid på småskoletrinnet |
Rudolf Steinerhøyskolen | Lærarutdanning, førskolelærarutdanning |
Den norske Eurytmihøyskole | Eurytmiutdanning |
Barratt Dues musikkinstitutt | Musikkutdanning |
Den Norske Balletthøyskole | Dansepedagogutdanning |
Bergen Arkitekt Skole | Sivilarkitektutdanning |
Handelshøyskolen BI | Master of Science, siviløkonomutdanning, høgre revisorutdanning, sivilmarknadsførarstudiet, revisorstudium, diplommarknadsførarstudiet i informasjon og samfunnskontakt, diplommarknadsførarstudiet i reiseliv og serviceleiing, diplomeksportmarknadsførarstudiet, diplomøkonomstudiet i finans |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | Dataingeniørutdanning, datautdanning |
Mediehøgskolen Gimlekollen | Mediekommunikasjon, journalistutdanning |
Norsk Reiselivshøyskole | Reiseliv og kommunikasjon |
Oslo Merkantile Høyskole | Internasjonal marknadsføring, marknadsøkonom reiseliv, relasjonsleiing |
Det nye finansieringssystemet hadde ingen omfordelande budsjettverknad i 2003. Det vart etablert ein utgangsposisjon, og det er først i budsjettframlegget for 2004 at endringar i oppnådde resultat vil gi utslag i tilskottet til den einskilde høgskolen. Departementet varsla institusjonane om at rapporteringa av avlagde studiepoeng i 2001 vart nytta ved innføring av nytt finansieringssystem. Departementet bad institusjonane særskilt om å kvalitetssikre data. For enkelte av dei private høgskolane har det likevel vore naudsynt med ei gjennomgang av innrapporterte data. Som ein følgje av dette er det gjort nokre justeringar i datamaterialet på resultatrapporteringa for 2001 og 2002, sjå også kategoriinnleiinga. Følgjene av dette er at enkelte institusjonar har fått ein noko endra utgangsposisjon. Dei private høgskolane må sørgje for å utvikle gode rapporteringsrutinar for å sikre god kvalitet på data.
For Rogaland Høgskole er organisering av studia slik at det er ein monaleg nedgang i avlagde studiepoeng frå 2001 til 2002, utan at dette er eit uttrykk for nedgang i aktivitet. Denne nedgangen utgjer ein stor del av det samla talet på avlagde studiepoeng. Departementet har teke særleg omsyn til dette, og vil i 2004 gi ei ekstra tildeling på 1,7 mill. kroner utover det som går fram av tabellen nedanfor. Denne tildelinga vil bli vurdert mot utteljinga i resultatkomponenten kommande år.
Undervisningskomponenten
Dei private institusjonane får ein auke i budsjettramma på 10,7 mill. kroner etter at talet på 60-studiepoengseiningar har auka med 379 og talet på utvekslingsstudentar har auka med 35. Sjå elles omtale av datagrunnlaget i kategoriinnleiinga.
Resultatbasert løyving
(i 1 000 kr) | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Høgskole | Utteljing A | Utteljing B | Utteljing C | Utteljing D | Utteljing E | Utteljing F | Utteljing utvekslingsstudentar | Sum |
Diakonhjemmet Høgskole | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 209 | -500 | -21 | 688 |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 0 | 0 | 0 | 0 | -217 | -175 | -68 | -460 |
Betanien diakonale høgskole | 0 | 0 | 0 | 0 | -248 | 75 | -26 | -199 |
Lovisenberg diakonale høgskole | 0 | 0 | 0 | 0 | -499 | -100 | -36 | -636 |
Diakonissehjemmets Høgskole | 0 | 0 | 0 | 372 | 0 | 10 | 382 | |
Rogaland Høgskole | 0 | 0 | 0 | -855 | -915 | 0 | 47 | -1 722 |
Det teologiske Menighetsfakultet | 0 | -638 | 0 | 216 | 93 | 19 | -10 | -319 |
Misjonshøgskolen | 0 | 113 | 0 | 411 | 0 | 395 | 16 | 934 |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 091 | 0 | -42 | 1 050 |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig Høgskole | 0 | 0 | 0 | -616 | 0 | 1 301 | -26 | 659 |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 0 | 0 | 0 | 0 | -1 225 | -41 | 10 | -1 255 |
Rudolf Steinerhøyskolen | 0 | 0 | 0 | 0 | -533 | 0 | -16 | -549 |
Den norske Eurytmihøyskole | 0 | 0 | 300 | 0 | 0 | 0 | 5 | 305 |
Barratt Dues musikkinstitutt | 0 | 375 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 | 380 |
Den Norske Balletthøyskole | 0 | 0 | -100 | 0 | 0 | 0 | 0 | -100 |
Bergen Arkitekt Skole | 0 | -75 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 | -70 |
Handelshøyskolen BI | 0 | 0 | 0 | 755 | 7 043 | -10 | 328 | 8 116 |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 0 | 0 | 0 | 0 | -465 | 4 500 | 0 | 4 035 |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 0 | 0 | 0 | -74 | -146 | 0 | 0 | -220 |
Norsk Reiselivshøgskole | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | -353 | 0 | -353 |
Oslo Merkantile Høyskole | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum | 0 | -225 | 200 | -163 | 5 560 | 5 112 | 182 | 10 666 |
Forskingskomponenten
Forskingsaktiviteten ved dei private høgskolane er av ulikt omfang mellom institusjonane. For eit fleirtal av høgskolane er det ikkje dokumentert forskingsresultat som viser at det bør bli oppretta ein forskingskomponent, men det ligg midlar til forsking i basiskomponenten til alle institusjonane.
I samband med opptrappingsplanen for stipendiatstillingar foreslår Regjeringa å opprette 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar i 2004, jf. kategoriinnleiinga. Midlar til seks nye stipendiatstillingar er foreslått lagde inn i budsjettramma til private høgskolar med verknad frå hausten 2004. Departementet foreslår å fordele desse med tre nye stipendiatstillingar ved Handelshøyskolen BI, ei ny stipendiatstilling ved Misjonshøgskolen og to nye stipendiatstillingar ved Det teologiske Menighetsfakultetet. Desse stillingane er lagde inn med halvårsverknad i 2004 og plasserte i forskingskomponenten. For ni stipendiatstillingar tildelt i 2003 er det lagt inn midlar til heilårseffekt i 2004.
I samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma er det for 2004 foreslått å auka potten med forskingsmidlar til omfordeling mellom dei private høgskolane med 5 mill. kroner. Departementet har utifrå ei vurdering av vitskaplege publikasjonar, doktorgradskandidatar og tildelte midlar frå Noregs forskingsråd fordelt 15,3 mill. kroner på følgjande vis: 10,1 mill. kroner til Handelshøyskolen BI, 3,4 mill. kroner til Det teologiske Menighetsfakultetet og 1,8 mill. kroner til Misjonshøgskolen. Departementet meiner denne fordelinga er ei føremålstenleg premiering av dokumenterte forskingsresultat. Departementet tek sikte på å vurdere fordelinga i samband med budsjettframlegget for det einskilde året, slik at private høgskolar som kan dokumentera forskingsresultat, får utteljing for dette. Sjå omtale av etablering av system for forskingsdokumentasjon i kategoriinnleiinga.
Basiskomponenten
Basiskomponenten skal vere ein stabil og pårekneleg del av statstilskottet. Basisløyvinga inneheld midlar til forsking og undervisning. For mange av dei private høgskolane overstig basiskomponenten 60 pst. av statstilskottet for 2004. Departementet varsla i St.prp. nr. 1 (2002-2003) at dersom institusjonane hadde ein basis på over 60 pst., ville desse midlane gradvis bli fasa ut over ein fireårsperiode dersom institusjonane ikkje auka talet på avlagde studiepoeng. Mellom anna med omsyn til innføringa av Kvalitetsreforma har departementet prioritert å ikkje omdisponere desse budsjettmidlane i forslaget til statsbudsjett 2004. Dersom institusjonane ikkje aukar talet på avlagde studiepoeng, vil departementet vurdere å omdisponere desse midlane i samband med budsjettet for 2005.
I samband med at departementet har gjort enkelte justeringar som følgje av endringar i rapportering av studiepoeng for 2001, har enkelte institusjonar også fått justert basisfinansieringa i forhold til budsjettet for 2003.
For å finansiere Kvalitetsreforma er det i budsjettet for 2004 foreslått 34,3 mill. kroner i basisløyvinga til private høgskolar. Av desse er 14,2 mill. kroner førte vidare frå budsjettet for 2003.
For BI er det lagt inn 1,3 mill. kroner i basisløyvinga i samband med Stortinget sitt vedtak om å forlengje siviløkonomstudiet til fem år, jf. Innst. S. nr. 188 (2001-2002) og St.meld. nr. 11 (2001-2002) Kvalitetsreformen - om vurdering av enkelte unntak fra ny gradsstruktur i høyere utdanning.
Tabellen nedanfor viser budsjettforslaget for 2004 fordelt på komponentane i finansieringssystemet:
Oversikt over budsjettforslaget for 2004 fordelt på komponentane i finansieringssystemet
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Institusjon | Undervisning | Forsking | Basis | Samla forslag om statstilskott 2004 | |
Diakonhjemmet Høgskole | 17 283 | 0 | 31 968 | 49 251 | |
Menighetssøsterhjemmets Høgskole | 7 547 | 0 | 14 356 | 21 903 | |
Betanien diakonale høgskole | 5 984 | 0 | 10 313 | 16 297 | |
Diakonissehjemmets Høgskole | 6 675 | 0 | 10 139 | 16 814 | |
Lovisenberg diakonale høgskole | 13 480 | 0 | 25 920 | 39 400 | |
Rogaland Høgskole | 7 920 | 0 | 12 324 | 20 244 | |
Det teologiske Menighetsfakultet | 12 155 | 8 077 | 21 082 | 41 314 | |
Misjonshøgskolen | 4 422 | 3 225 | 5 735 | 13 382 | |
Norsk Lærerakademi, Vitenskapelig høgskole | 9 964 | 0 | 16 835 | 26 799 | |
Norsk Lærerakademi, Lærerhøgskolen | 10 453 | 0 | 26 054 | 36 507 | |
Dronning Mauds Minne Høgskolen | 18 300 | 0 | 35 269 | 53 569 | |
Barratt Dues musikkinstitutt | 4 355 | 0 | 7 493 | 11 848 | |
Rudolf Steinerhøyskolen | 2 381 | 0 | 4 459 | 6 840 | |
Den norske Eurytmihøyskole | 1 066 | 0 | 1 551 | 2 617 | |
Den Norske Balletthøyskole | 1 400 | 0 | 1 347 | 2 747 | |
Bergen Arkitekt Skole | 7 891 | 0 | 1 728 | 9 619 | |
Handelshøyskolen BI | 106 521 | 19 155 | 22 683 | 148 359 | |
Norges Informasjonsteknologiske Høgskole | 28 512 | 0 | 4 754 | 33 266 | |
Mediehøgskolen Gimlekollen | 3 513 | 0 | 5 810 | 9 323 | |
Norsk Reiselivshøyskole | 2 810 | 0 | 2 788 | 5 598 | |
Oslo Merkantile Høgskole | 4 085 | 0 | 1 462 | 5 547 | |
Sum tildeling | 276 717 | 30 457 | 264 070 | 571 244 |
Programkategori 07.70 Forsking
Utgifter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03-04 |
0283 | Meteorologisk institutt (jf. kap. 3283) | 362 766 | 371 718 | 353 310 | -5,0 |
0285 | Noregs forskingsråd | 884 413 | 1 149 486 | 1 362 302 | 18,5 |
0286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286) | 17 350 462 | 3 528 821 | 606 205 | -82,8 |
0287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287) | 294 646 | 117 353 | 125 528 | 7,0 |
0288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288) | 130 225 | 151 419 | 737 637 | 387,1 |
Sum kategori 07.70 | 19 022 512 | 5 318 797 | 3 184 982 | -40,1 |
Budsjettforslaget for kategori 07.70 utgjer 3,2 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på 2,1 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2003. Tekniske endringar utgjer netto ein auke på om lag 557,5 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapittelet.
Inntekter under programkategori 07.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03-04 |
3283 | Meteorologisk institutt (jf. kap. 283) | 155 871 | 160 954 | 135 359 | -15,9 |
3286 | Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286) | 525 462 | 1 251 740 | 1 917 884 | 53,2 |
3287 | Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287) | 12 400 | 16 962 | 36,8 | |
3288 | Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288) | 705 | 4 865 | 4 754 | -2,3 |
Sum kategori 07.70 | 682 038 | 1 429 959 | 2 074 959 | 45,1 |
Budsjettforslaget for kategori 07.70 utgjer 2,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på 636 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003. Tekniske endringar utgjer netto ein reduksjon på 12,3 mill. kroner, jf. omtale under det einskilde kapittelet.
For ein omtale av norsk forsking generelt, sjå under del I, kap. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
Mål: Langsiktig og god forsking
Det er eit mål for Regjeringa å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga og å forbetre kvaliteten i norsk forsking. Det generelle kvalitetsnivået skal hevast, og fleire norske miljø skal vere i den internasjonale forskingsfronten. Eit aktivt engasjement i internasjonalt samarbeid er viktig for å fremme kvalitet og fagleg fornying, betre tilgangen på ny kunnskap og for å synleggjere gode norske forskingsmiljø.
Styrking av grunnforskinga
Grunnforsking medverker til å gi større innsikt i naturen, oss sjølve og samfunnet, og dannar grunnlag for forskingsbasert undervisning. Den offentleg finansierte grunnforskinga sikrar landet ei langsiktig kunnskapsoppbygging, gir oss ein kunnskapsallmenning på område som vil kunne bli sentrale i framtida, og gjer bedrifter og institusjonar betre i stand til å hente inn ny kunnskap utanfrå. Norsk grunnforsking er dermed også avgjerande for utviklinga av næringsliv og velferd i Noreg.
Samanlikna med andre OECD-land utgjer grunnforskinga i Noreg ein låg del av den totale forskingsinnsatsen, 17 pst. i 2001. Til dømes er tilsvarande tal 21 pst. for USA og 24 pst. for Frankrike. Noreg har relativt få store, forskingstunge føretak som kan investere i langsiktig grunnleggjande forsking. Samstundes tyder undersøkingar på at delen grunnforsking ved norske universitet har gått ned. I universitetsundersøkinga for 2000 svarte 62 pst. av forskarpersonalet at dei driv med grunnforsking, mot 70 pst. i 1981.
Grunnforskinga i Noreg blir driven først og fremst ved universitet og vitskaplege høgskolar. Mesteparten av dei offentlege forskingsmidlane til institusjonane blir gitt via dei direkte løyvingane til universitet og høgskolar, sjå kategori 07.60. Finansiering gjennom forskingsråd er ei komplementær kjelde for offentleg finansiering av forsking ved universitet og høgskolar, slik tilfellet er i dei fleste land. Ved fordeling gjennom forskingsråd sikrar ein at nasjonale perspektiv og heilskapsvurderingar blir lagde til grunn. Som oppfølging av evalueringa av Noregs forskingsråd har departementet sett i gang ei brei vurdering av finansieringa av norsk grunnforsking. Ei viktig målsetjing med denne gjennomgangen er å klargjere ansvars- og arbeidsdelinga mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane og Forskingsrådet med omsyn til finansiering av grunnforsking. Arbeidet vil bli avslutta ved årsskiftet 2003-04.
Sidan Forskingsfondet vart oppretta i 1999, har avkastninga frå fondet vorte ei viktig kjelde til å finansiere langsiktig forsking og nye kvalitetstiltak, sjå kap. 286. Frå 1. juli 2003 har fondet ein kapital på 31,8 mrd. kroner. I 2004 vil avkastninga vere 1 917,9 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 666 mill. kroner i høve til 2003. Avkastninga vil bli fordelt med 428,7 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60, 606,2 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50, og 883 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52, som ein kompensasjon for tapte tippeinntekter til forsking. Sjå St.prp. nr. 1 (2002-2003) for ein omtale av endringa i fordelinga av tippeoverskottet. Avkastninga som blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50 utgjer to tredeler av avkastninga av 15 mrd. kroner. Ved ein eventuell framtidig auke i avkastninga vil Regjeringa vurdere nye prinsipp for fordeling.
Kvalitet i grunnforskinga
Regjeringa har som mål å auke kvaliteten i norsk forsking, både ved å få fleire forskarar og forskingsmiljø opp i internasjonal toppklasse og ved ei meir generell og brei kvalitetsheving. Styrking av rammevilkåra for forsking er eit viktig verkemiddel. Det er innført eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar som knyter finansiering til fagleg kvalitet, jf. kategori 07.60.
Over kategori 07.70 vil forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt som er finansierte av Noregs forskingsråd, vere eit av dei viktigaste verkemidla for å sikre kvalitet og fagleg fornying. Dette verkemidlet har vore prioritert gjennom fleire år, og departementet legg til grunn at Forskingsrådet også i 2004 skal prioritere frie prosjekt, jf. kap. 285 post 52. Løyvingane over kategori 07.70 finansierer òg grunnforskingsprogram og i nokon grad anvende program i Forskingsrådet. Midlane over denne kategorien er ei viktig finansieringskjelde for fagutvikling innanfor disiplinane. Noregs forskingsråd, som i omorganiseringa no har fått ein eigen divisjon med ansvar for grunnleggjande forsking og fagutvikling innanfor alle disiplinar, skal medverke til å setje enda sterkare fokus på norsk grunnforsking.
For at forskarar ved norske universitet og høgskolar skal kunne vere i den internasjonale forskingsfronten, må dei ha tilgang til oppdatert vitskapleg utstyr. Universiteta og høgskolane får midlar til vitskapleg utstyr både direkte over grunnbudsjetta til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd, som har eit eige utstyrsutval, jf. også kap. 285 post 52. Ordninga sikrar ein nasjonal utstyrsstrategi og er viktig i og med den store satsinga på utstyr dei siste åra.
I tråd med Sem-erklæringa vil Regjeringa sikre ei oppdatering av utstyrsparken gjennom ein monaleg auke av løyvingane både til Forskingsrådet og gjennom grunnløyvingane til institusjonane. Den samla løyvinga til vitskapleg utstyr auka med 115 mill. kroner frå 2002 til 2003, og Regjeringa foreslår ein ytterlegare auke på 77 mill. kroner i 2004. Av auken blir 43 mill. kroner foreslått nytta til finansiering av ein PET-skannar (positronemisjonstomografi), som mellom anna skal nyttast til kreftforsking og -diagnostikk. 34 mill. kroner blir foreslått nytta til vitskapleg utstyr ved forskingsinstitutta. Den samla utstyrssatsinga over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet i 2004 blir 337 mill. kroner, jf. også kategori 07.60.
Fagevalueringar skal gi eit bilete av kvaliteten på norsk grunnforsking og skal danne grunnlag for å auke både kvalitet og effektivitet. I samsvar med vedtektene har Forskingsrådet eit særleg ansvar for å gjennomføre og følgje opp evalueringar. Over fleire år har rådet systematisk evaluert dei naturvitskaplege fagområda. Nyleg er det òg gjennomført fagevalueringar innanfor lingvistikk og statsvitskap. Evalueringane nyttar internasjonal ekspertise. Resultata så langt syner at kvaliteten på norsk forsking er varierande, men med viktige lyspunkt. Nokre miljø held høgt internasjonalt nivå, men det er eit generelt behov for forskingsleiing, konsentrasjon, arbeidsdeling og fornying. Departementet forventar at Forskingsrådet held fram arbeidet med fagevalueringar. Evalueringane blir følgde opp både av Forskingsrådet og dei einskilde fagmiljøa. Forskingsrådet har lyst ut særskilde midlar til omstilling, og tatt initiativ til utvikling av rådgivande nasjonale fagplanar innanfor dei fleste naturvitskaplege faga. Fagplanane blir utarbeidde av utval der dei fremste miljøa på fagfeltet er representerte. Planane er retta mot Forskingsrådet, institusjonane i universitets- og høgskolesektoren og departementa og skal medverke til å utvikle og styrkje faga for å møte utfordringane i dag og i framtida.
Tilrådingane frå dei internasjonale ekspertkomiteane dannar grunnlag for dei forskingsstrategiske vurderingane og prioriteringane til Forskingsrådet og for å setje i verk kvalitetshevande tiltak frå rådet si side. Dessutan er dei sentrale reiskapar for institusjonane i deira faglege og strategiske utviklingsarbeid. Evalueringane verkar òg inn på det forskingspolitiske arbeidet til departementa og utgjer eit utgangspunkt for dialogen med dei involverte institusjonane.
Noregs forskingsråd skal halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø og sørgje for god og systematisk oppfølging. Generelt skal rådet leggje stor vekt på kvalitetsvurderingar ved fordeling av dei faglege løyvingane, for på denne måten å støtte den beste og mest lovande forskinga i Noreg og for å leggje til rette for fagleg fornying og internasjonalt samarbeid.
Internasjonalt forskingssamarbeid står sentralt i arbeidet for å styrkje kvaliteten i forskinga. Slikt skjer i stor grad gjennom uformelle kontaktar og nettverk mellom forskarar og forskingsmiljø. I tillegg kjem eit omfattande samarbeid i regi av internasjonale organisasjonar, store internasjonale fellessatsingar og bilaterale avtalar. Noreg tek del i fleire internasjonale grunnforskingsorganisasjonar, og Stortinget har vurdert det som viktig å halde fram med dette, jf. Innst. S. nr. 110 (1999-2000) og St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille. Samstundes er det behov for å utnytte samarbeidet betre, mellom anna ved formidlings- og rekrutteringstiltak, jf. kap. 285. EUs rammeprogram for forsking og teknologi er den største internasjonale satsinga som Noreg tek del i. Noreg er no med i det sjette rammeprogrammet, som gjeld for perioden 2002 til 2006, jf. Innst. S. nr. 63 (2002-2003) og St.prp. nr. 16 (2002-2003). Ansvaret for koordineringa av EUs rammeprogram blir frå 1. januar 2004 overført frå Nærings- og handelsdepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet.
Det har jamt over vore god norsk deltaking i EUs femte rammeprogram for forsking og utvikling (1998-2002), både frå universitet og høgskolar, forskingsinstitutt og verksemder. Evalueringa av den norske deltakinga i programmet skal vere ferdig i 2003. For nærmare omtale av programmet, sjå St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Nærings- og handelsdepartementet. EU-kommisjonen har teke initiativ til utvikling av eit europeisk forskings- og innovasjonsområde (European Research Area - ERA). Målet er å styrkje forskingsinnsatsen i Europa, mellom anna gjennom å betre samspelet mellom forskingsprogram i ulike land, samarbeid om infrastruktur for forsking, tiltak for å fremme kvalitet i forskinga og mobilitet og rekruttering blant forskarar. Initiativet, som er ein del av Lisboa-strategien, går langt ut over rammeprogrammet. EU-forskinga er på denne måten ein viktig pådrivar for utviklinga av forskingssamarbeidet i Europa. Noreg tek aktivt del i denne utviklinga. For å følgje opp målsetjingane for ERA, skal Forskingsrådet, som ei prøveordning, opne for internasjonal deltaking i nokre av dei nasjonale forskingsprogramma.
For å styrkje norsk innsats i EUs rammeprogram for forsking, foreslår departementet å løyve 48 mill. kroner til Noregs forskingsråd. Størsteparten av midlane skal nyttast til nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt.
Eit av dei viktigaste nye tiltaka for å fremme kvalitet i norsk forsking er ordninga med senter for framifrå forsking. 13 slike senter vart etablerte hausten 2002. Sentra representerer ulike fagområde innanfor mellom anna medisin, naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora. Ordninga blir finansiert gjennom Forskingsrådet med midlar frå avkastninga frå Forskingsfondet, jf. kap. 286. Sentra får ei årleg løyving på 6-21 mill. kroner i fem år, og med positiv evaluering vil perioden utvidast med ytterlegare fem år. Departementet vil at ordninga med senter for framifrå forsking skal bli utvida frå 2007, med utlysing i 2005.
Satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) skal bringe Noreg på høgde med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking. Satsinga har støtte frå alle dei aktuelle norske forskingsmiljøa og er forankra i Forskingsrådet. Det vart sett av 100 mill. kroner av fondsavkastninga til dette formålet i 2002, og i 2003 vart løyvinga til FUGE styrkt med om lag 50 mill. kroner gjennom dei ordinære løyvingane til Noregs forskingsråd. Sjå meir omtale under kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50.
Som eit ledd i arbeidet for å auke kvaliteten i norsk forsking har Noregs forskingsråd starta ei satsing på yngre, framifrå forskarar, m.a. inspirert av Toppforskingsprogrammet i medisin. Det vart løyvd 20 mill. kroner til formålet i 2003. Satsinga skal gi yngre, særskilt talentfulle forskarar ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse. Eit viktig mål med satsinga er å få fram gode framtidige forskingsleiarar. Satsinga skal vere aktuell for alle fagområde. På sikt skal Toppforskingsprogrammet i medisin inkluderast i satsinga.
I 2002 vart det oppretta eit statleg fond på 200 mill. kroner til minne om matematikaren Niels Henrik Abel. Avkastninga frå fondet går til å finansiere ein internasjonal matematikkpris og til ulike tiltak for å styrkje matematikkfaget. Abel-prisen vart delt ut første gong i 2003, til den franske matematikaren Jean Pierre Serre. Som ein parallell til Abel-prisen skal det etablerast ein nordisk pris for framifrå forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap, Holberg-prisen. Ludvig Holbergs minnefond vart oppretta 1. juli 2003 med ein kapital på 200 mill. kroner. Med Holberg-prisen ønskjer Regjeringa å synleggjere at humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking er viktig og høgt prioritert. Prisen vil vere eit viktig tiltak for å fremme kvalitet i forskinga og skal delast ut første gong i 2004. For meir omtale av Abel- og Holberg-prisane, sjå kap 287.
Mål: Eit velfungerande forskingssystem
Det er eit mål at institusjonane i forskingssystemet blir innretta slik at dei fremmer kvalitet, synergi og effektivitet, og at overordna forskingspolitiske prioriteringar blir gjennomførde.
Eit nytt forskingsråd
Ei omfattande evaluering av Noregs forskingsråd vart avslutta i desember 2001. Som ei oppfølging av evalueringa har Forskingsrådet vorte omorganisert. Nye vedtekter vart fastsette, og nytt hovudstyre vart utnemnt i desember 2002. I det nye rådet er dei seks fagområda erstatta av tre divisjonar for vitskap, innovasjon og store satsingar. Hovudstyret har fått ei sterkare rolle enn tidlegare, og koplinga til divisjonsstyra er tettare. Den nye organisasjonsstrukturen var på plass i september 2003. Målet med omorganiseringa er mellom anna at Forskingsrådet skal bli ein meir open arena og vere i dialog med fleire aktørar i forskingssystemet enn tidlegare. Dette gjeld mellom anna i strategiarbeidet. Forskingsrådet vil framleis vere ein viktig rådgivar for Regjeringa i forskingspolitiske saker, men også andre aktørar vil bli rådspurde.
Forskingsrådet tek sikte på å starte opp eit nytt verkemiddel kalla «Store program» frå 2004. Dette er i tråd med tilrådingane frå evalueringa av Forskingsrådet. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til anvend forsking og næringsretta forsking. Dei store programma vil bli finansierte av fleire departement og vil vere eit viktig verkemiddel for å få ei god koordinering av forskingsinnsatsen. Utdannings- og forskingsdepartementet vil finansiere store program både gjennom faglege løyvingar til Forskingsrådet over kap. 285 post 52 og midlar frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286 post 50. Midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet vil gå inn i dei fleste store programma, mellom anna innanfor funksjonell genomforsking, materialforsking, havbruksforsking, klimaforsking, energiforsking og forsking innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
I 2003 har spørsmålet om habilitet i Noregs forskingsråd vorte sett på dagsordenen. I kjølvatnet av ei konkret løyvingssak har det vorte stilt spørsmål ved om sakshandsaminga i Forskingsrådet er god nok i høve til reglane om habilitet. Hovudstyret i Forskingsrådet har på bakgrunn av dette oppnemnt eit utval med professor Eivind Smith som leiar til å sjå på denne problemstillinga. Departementet vil avvente utgreiinga frå Smith-utvalet og vil deretter vurdere eventuelle oppfølgingstiltak i samråd med Forskingsrådet.
Andre institusjonar
Gjennom vedtektene har Forskingsrådet fått eit strategisk ansvar for instituttsektoren. Innsatsen til Forskingsrådet har ført til at grunnlaget for ein meir heilskapleg instituttpolitikk no er lagt. Mellom anna har rådet innført eit systematisk evalueringsarbeid som skal medverke til auka kvalitet i denne sektoren.
Departementet vil framleis gi basisløyvingar til forskingsinstitutt via Noregs forskingsråd. Forskingsrådet skal leggje stor vekt på kvalitet ved tildeling av basisløyvingar og arbeide for å fremme samarbeid og arbeidsdeling mellom institutta, og mellom institutt og universitet/høgskolar. Forskingsrådet skal arbeide for at det internasjonale engasjementet til institutta blir styrkt. I samband med arbeidet med ei ny forskingsmelding vil regjeringa setje i verk ein samla gjennomgang av den norske instituttsektoren, jf. omtale i del I kap. 2.
I St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille gjekk regjeringa Bondevik I inn for at Noreg bør ha eit system som kan handsame fusk i forsking, og Noregs forskingsråd har komme med eit konkret forslag. Departementet ønskjer å sjå dette framlegget i samanheng med spørsmålet om å lovfeste dei regionale forskingsetiske komiteane, som er reist av Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin (NEM). Departementet tek sikte på å sende ei utgreiing om heile det forskingsetiske komitésystemet på høring hausten 2003.
Dei større institusjonane som får midlar direkte over kategori 07.70, er organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Unntaket er Meteorologisk institutt, som er eit ordinært statleg forvaltningsorgan. Departementet har gitt Statskonsult i oppdrag å sjå på instituttet si tilknyting til staten, og på forholdet mellom marknadsverksemda og dei statsfinansierte tenestene. Statskonsult la fram rapport om dette i august 2003, der dei tilrår at også Meteorologisk institutt blir eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Departementet tek sikte på å komme tilbake til denne saka i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Mål: Fleire forskarrekruttar og fleire kvinner i forsking
Det er ei sentral forskingspolitisk målsetjing å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar. Det er òg eit viktig mål å auke talet på kvinner, både blant rekruttar og i det faste forskarpersonalet. Gjennomsnittsalderen blant forskarar ved institusjonane er høg, og på nokre fagområde er rekrutteringa sviktande. Samstundes er det ein aukande etterspurnad etter forskarkompetanse både i næringslivet og offentleg sektor. Det er derfor ei utfordring å få fram tilstrekkeleg mange gode forskarar dei nærmaste åra. I samband med handsaminga av Innst. S. nr. 91 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 35 (2001-2002) om rekruttering til universitets- og høgskolesektoren, vedtok Stortinget ein utvida opptrappingsplan for doktorstipendiatstillingar, jf. omtale under kategori 07.60.
Departementet finansierer doktorstipendiatstillingar både direkte over institusjonsbudsjetta, jf. kategori 07.60, og gjennom løyvingane til Noregs forskingsråd, inkludert avkastninga frå Forskingsfondet, jf. kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50. Departementet ser det som formålstenleg å nytte begge desse finansieringskanalane. Forskingsrådet har eit nasjonalt ansvar for disiplinutvikling og for mobilitet i forskinga. Doktorstipendiatstillingar er eit viktig verkemiddel for å oppnå dette. Mellom anna har Forskingsrådet sett som mål at alle norske doktorgradskandidatar skal studere ei tid ved eit utanlandsk forskingsmiljø. Noregs forskingsråd la hausten 2002 fram ei evaluering av norsk doktorgradsutdanning. Sjå nærmare omtale under kategori 07.60.
Regjeringa foreslår å opprette 200 nye doktorgradsstipend i 2004 under kategori 07.60. I tillegg kjem det midlar til stipendiatar over budsjettet til Forskingsrådet gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet på kap. 286 post 50 og gjennom forskingsløyvingar frå andre departement. Departementet føreset at alle nye stipendiatar blir fullfinansierte. For meir omtale av doktorgradsstipend, sjå kategori 07.60.
Gode tilhøve for vidare kvalifisering etter avlagd doktorgrad og fleksible ordningar for tilsetjing er viktig for å halde på gode doktorgradskandidatar og sikre rekruttering til faste stillingar. Postdoktorstillingar kan lette overgangen frå doktorgrad til fast stilling og sikre at gode forskarar blir i systemet. Postdoktorstillingar er viktige for god forsking. Slike stillingar kan òg nyttast til å fremme mobilitet blant forskarar, både nasjonalt og internasjonalt. Her spelar Forskingsrådet ei særskilt viktig rolle. Forskingsrådet skal derfor halde fram med å prioritere postdoktorstillingar.
Talet på kvinner i akademiske stillingar ved universiteta og høgskolane har auka i dei siste åra. I 2001 var 36 pst. av det vitskaplege/faglege personalet kvinner, mot 29 pst. i 1995. Framleis er det låg kvinnerepresentasjon mellom anna i tekniske fag og nokre realfag. Det er òg få kvinner i akademiske toppstillingar, sjølv om trenden er svakt stigande. I 2001 var det vel 13 pst. kvinnelege professorar i universitets- og høgskolesektoren mot 10 pst. i 1995.
På oppdrag frå Utdannings- og forskingsdepartementet leverte Forskingsrådet i mai 2002 rapporten «Kvinner i forsking». Rapporten tek spesielt føre seg situasjonen ved universitet og høgskolar. Den sentrale konklusjonen i rapporten er at likestillingsarbeidet har vore fragmentert og basert på lite koordinerte einskildtiltak. Rapporten tek til orde for at likestillingsarbeidet bør integrerast i heile verksemda ved institusjonane, og foreslår å opprette ein komité for slike integreringstiltak. Departementet vil oppnemne ein slik komité hausten 2003. Universitets- og høgskolerådet skal ha sekretariatsansvar for komiteen.
Forskingsrådet skal framleis medverke til at talet på kvinner i forskingssystemet aukar. Rådet skal styrkje innsatsen både for å heve kvinneprosenten på fagområde med få kvinner, og for å kvalifisere kvinner til faste vitskaplege stillingar, særleg toppstillingar. Rådet bør halde fram gjeldande praksis med moderat kjønnskvotering og arbeide for å få fleire norske kvinner med i internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna gjennom å opne for større fleksibilitet ved støtte til forskaropphald i utlandet. Jf. elles omtale under kategori 07.60.
Kap. 283 Meteorologisk institutt (jf. kap. 3283)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 247 766 | 251 575 | 236 235 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 63 164 | 68 263 | 65 000 |
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast | 10 105 | 9 751 | 9 946 |
72 | Internasjonale samarbeidsprosjekt , kan overførast | 41 731 | 42 129 | 42 129 |
Sum kap. 283 | 362 766 | 371 718 | 353 310 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med kr 5 983 000 mot ei nedjustering av kap. 3283 postane 02 og 05 på til saman kr 6 107 000.
Post 01 er nedjustert med kr 521 000 på grunn av avviklinga av el-avgifta for all produksjonsverksemd. Sjå omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 21 er nedjustert med kr 5 720 000 mot ei nedjustering av kap. 3283 post 01 med kr 5 596 000.
Kapittelet omfattar:
drift av Meteorologisk institutt (met.no)
tilskott til internasjonalt meteorologisk samarbeid.
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Meteorologisk institutt står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål. Instituttet har også viktige oppgåver i samband med meteorologifagleg forsking og utvikling, klimastudiar og beredskap. Beredskapstenestene omfattar mellom anna varsling ved atomulykker og ved utslepp til luft eller hav. Instituttet har om lag 430 tilsette. Hovudkontora ligg i Oslo, Bergen og Tromsø. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile fastlandet og i Arktis.
Resultatrapport for 2002-03
Kvaliteten på lokalvarslinga er auka ved betre tilgang på radardata, vidareutvikling av modellar og nye tekniske hjelpemiddel i varslinga. Auka tilgang på superdatakraft (tungrekning) har vore viktig, jf. kap. 281 post 01.
Den omfattande moderniseringa og oppgraderinga av observasjonsstasjonane vart ført vidare. I 2002 vart 25 nye automatiske vêrstasjonar etablerte, og observasjonsinnsamlinga ved 84 manuelle stasjonar vart automatiserte. Vêrradarane i Rissa og på Bømlo vart sette i prøvedrift hausten 2002. Byggjeplanane for ein ny radar på Røst er godkjende, og bygginga vil bli sett i gang hausten 2003.
Gjennom eit nordisk samarbeid har Meteorologisk institutt publisert arealdekkjande temperatur- og nedbørskart for Norden. Studiar av klimaet i Arktis er gjort i ei internasjonal forskargruppe (ACIA). Forsking på klimaet i framtida blir i hovudsak gjort gjennom prosjekta RegClim og NOClim.
Flyvêrtenesta er under omlegging. Luftfartsverket (no Avinor) sa opp avtalen med Meteorologisk institutt om flyvêrtenesta i desember 2002. Dei meteorologiske observasjonane på flyplassane vil bli overtekne av Avinors eige personell. Omlegginga har ført til at totalt 53 tilsette ved instituttet har vorte oppsagde. Av desse har 14 fått tilbod om nye stillingar ved hovudkontora i Oslo og Bergen.
Meteorologisk institutt har ei rekkje viktige miljøoppgåver, mellom anna i samband med varsling av luft- og havforureining. Instituttet spelar ei sentral rolle i det europeiske samarbeidet om varsling av langtransportert luftforureining. På lokalt plan har instituttet utvikla nye modellar for å rekne ut luftforureininga i dei største norske byane. Innanfor havforureining har instituttet i samarbeid med Havforskingsinstituttet arbeidd aktivt med å utvikle ein felles nordisk modell for å varsle algevekst og næringssalt. Vidare har instituttet saman med SINTEF-Kjemi utvikla ein ny modell for varsling av oljedrift i havet. Hovudtyngda av arbeidet relatert til forureining er eksternt finansiert.
Departementet har gitt Statskonsult i oppdrag å sjå på instituttet si tilknyting til staten, og på forholdet mellom marknadsverksemda og dei statsfinansierte tenestene. Tilrådinga frå Statskonsult er at instituttet bør omdannast til eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og at marknadsverksemda ved Meteorologisk institutt ikkje bør skiljast ut no. Departementet tek sikte på å komme tilbake til denne saka i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2003-2004). Parallelt med dette arbeider instituttet for å gjere skiljet mellom den offentlege meteorologiske tenesta og den kommersielle verksemda tydelegare.
Resultatmål for 2004
Viktige mål for instituttet i 2004 vil vere:
å auke kvaliteten på regionale og lokale varsel og medverke til å betre kunnskapen om klimaet
å setje i verk ein ny struktur for flyvêrtenesta
å modernisere det nasjonale observasjonssystemet, samt å føre vidare utbygginga av vêrradarnettet i Noreg
å utføre forsking av høg kvalitet for å betre den offentlege meteorologiske tenesta
å utnytte synergieffektar av oppdragsforskinga og den statsfinansierte forskinga
å utnytte internasjonale data og ressursar slik at det fører til betre og meir kostnadseffektive meteorologiske tenester
å vere leiande når det gjeld meteorologisk informasjon og service i Noreg
å gjere skiljet mellom den offentlege meteorologiske tenesta og den kommersielle verksemda enno tydelegare
å auke delen kvinner ved instituttet generelt og i leiarstillingar spesielt.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på post 01 er redusert med 10,2 mill. kroner i samband med omlegginga av flyvêrtenesta og reduserte inntekter frå Avinor, jf. kap. 3283 post 05, som er redusert med 19 mill. kroner. Differansen på 8,8 mill. kroner skal nyttast til ventelønn, sluttpakker og andre omstillingstiltak. Løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3283 postane 02 og 05, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
På post 21 kan instituttet utføre spesialtenester og oppdrag for offentlege og private institusjonar mot betaling. Utgifter i samband med dei vesteuropeiske meteorologiske tenestene om kommersiell utnytting av data og produkt (ECOMET) vil også bli førde på post 21. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter frå oppdragsverksemd, jf. forslag til vedtak II nr. 2. Instituttet kan berre tilsetje i oppdragsfinansierte stillingar i den grad eksterne finansieringskjelder dekkjer lønnsutgiftene.
Post 45 gjeld utbygging og modernisering av utstyr, medrekna utbygging av vêrradarnettet. Løyvinga på post 45 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3283 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 72 Internasjonale samarbeidsprosjekt, kan overførast
Midlane går i hovudsak til kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar og samarbeidsprosjekt:
Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)
Europeisk organisasjon for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT)
European Centre for Medium Range Weather Forecasts (ECMWF)
Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET, EGOS, EuroGOOS og HIRLAM).
Målsetjing
Formålet med tilskottet er at Noreg gjennom deltaking i organisasjonane skal kunne medverke til og dra nytte av internasjonal utveksling av data, kunnskap og metodar innanfor meteorologi.
Rapport for 2002-03
Meteorologisk institutt er ein aktiv deltakar i fleire internasjonale meteorologiorganisasjonar. Instituttet har mellom anna leidd to av dei åtte tekniske kommisjonane innanfor WMO og fekk i 2003 presidentskapet i ECOMET. Innanfor ECMWF vart ein ny tungrekneinstallasjon teken i bruk. I EUMETSAT vart det fatta vedtak om å setje i gang eit program for satellittbaserte målingar av topografien i havet. Ein ny vêrsatellitt frå EUMETSAT vart skoten opp i august 2002. Data frå satellitten vil medverke til meir eksakte vêrvarsel i store delar av Europa, inkludert sørlege delar av Noreg. I EUMETNET-regi held arbeidet med å implementere eit integrert observasjonssystem for hav- og kystområda fram.
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget byggjer på vedtekne budsjett frå organisasjonane. Forslaget inneber ei vidareføring av aktivitetsnivået for 2003.
Kap. 3283 Meteorologisk institutt (jf. kap. 283)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 62 895 | 68 143 | 65 000 |
02 | Salsinntekter o.a. | 18 308 | 22 926 | 19 000 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 59 | 59 | 59 |
05 | Refusjon for flyvêrtenester | 69 750 | 69 826 | 51 300 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 1 607 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 3 252 | ||
Sum kap. 3283 | 155 871 | 160 954 | 135 359 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er nedjustert med kr 5 956 000 mot ei nedjustering av kap. 283 post 21 med kr 5 720 000.
Post 02 er nedjustert med kr 4 751 000 og post 05 med kr 1 356 000 mot ei nedjustering av kap. 283 post 01 med kr 5 983 000.
Post 01 gjeld inntekter frå oppdragsforsking og sal av meteorologiske tenester gjennom Marknadsavdelinga. Tilskott frå Avinor til investeringar innanfor flyvêrtenesta og tilskott frå Avinor og Vegdirektoratet til vêrradarinvesteringar blir også førte på post 01.
Post 02 gjeld inntekter frå mindre, særskilde tenester og refusjonar for tenester instituttet utfører for andre institusjonar i Arktis. Tilskott frå andre land til kjøp av vêr- og miljøskipstenester utførte av vêrskipet «Polarfront» blir også førte på post 02. Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter OECDs retningslinjer. Post 05 gjeld refusjon frå Avinor for utgifter som Meteorologisk institutt har til flyvêrtenesta. Løyvinga på post 05 er redusert med 19 mill. kroner i samband med omlegginga av flyvêrtenesta, jf. òg kap. 283 post 01.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
52 | Forskingsformål | 704 605 | 952 750 | 1 158 254 |
55 | Administrasjon | 179 808 | 196 736 | 204 048 |
Sum kap. 285 | 884 413 | 1 149 486 | 1 362 302 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 55 er auka med kr 230 000 i samband med omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Sjå omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Kapittelet omfattar:
løyving til forskingsformål gjennom Noregs forskingsråd
administrasjonskostnader til Noregs forskingsråd.
Post 52 Forskingsformål
Løyvingane til Forskingsrådet over post 52 Forskingsformål blir nytta til å finansiere grunnforsking innanfor alle fagområde. Posten dekkjer òg midlar til vitskapleg utstyr, forsking knytt til medlemskap i internasjonale program og institusjonar (følgjeforsking), strategiske fellesfunksjonar og informasjon. Formidling av kunnskap er òg eit sentralt krav til dei faglege løyvingane.
Som det går fram av tabellen nedanfor, blir løyvinga over post 52 fordelt på fagområde og ei rekkje særskilde formål. På bakgrunn av ein gjennomgang av finansieringa av norsk grunnforsking og endringane i organiseringa av Forskingsrådet, vil departementet i samråd med Forskingsrådet vurdere om inndelinga av den faglege løyvinga frå Utdannings- og forskingsdepartementet bør endrast frå og med budsjettproposisjonen for 2005.
Faglege løyvingar til Noregs forskingsråd. Fordeling på fagområde og særskilde formål
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Fagområde | 2001 | 2002 | 2003 | Forslag 2004 |
Humaniora | 89 | 97 | 107 | 110 |
Samfunnsvitskap | 82 | 87 | 86 | 94 |
Medisin og helse | 106 | 116 | 126 | 131 |
Miljø og utvikling | 45 | 46 | 50 | 53 |
Naturvitskap og teknologi | 226 | 240 | 303 | 314 |
Vitskapleg utstyr | 23 | 20 | 108 | 108 |
FUGE1 | - | - | 50 | 50 |
Yngre framifrå forskarar | - | - | 20 | 20 |
Kommersialisering av forsking | - | - | 6 | 11,5 |
Rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren | 18 | 19 | 21 | 22 |
Strategiske fellesfunksjonar | 40 | 41 | 36 | 49 |
Informasjon | 10 | 11 | 14 | 15 |
Særskilt styrking av EU-arbeid2 | 5 | 18 | ||
Kompensasjon for auka pensjonsutgifter3 | - | 28 | 21 | 22 |
Særskilde eittårige midlar i 2004 | 140,5 | |||
Sum | 639 | 705 | 953 | 1 158 |
1 I tillegg blir 100 mill. kroner av avkastninga frå Forskingsfondet nytta til FUGE, jf. kap. 286.
2 Departementet har gitt Forskingsrådet løyve til å omdisponere 5 mill. kroner frå løyvinga som var sett av til vitskapleg utstyr i 2003, til å styrkje koordineringa i samband med EUs rammeprogram for forsking. I 2004 gjeld midlane til EU-arbeidet særleg nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt. Det er også sett av 30 mill. kroner til dette formålet innanfor dei særskilde eittårige midlane.
3 Tala skil seg frå dei som stod i St.prp. nr. 1 (2002-2003), fordi delar av kompensasjonen for auka pensjonsutgifter har vorte fordelte på ulike fagområde.
Løyvinga til forskingsformål er ei hovudkjelde for fagutvikling i alle disiplinar. Midlane blir i stor grad fordelte til forskarinitierte prosjekt. Konkurranse og fagfellevurderingar sikrar at midlane fremmer kvalitet. Forskingsrådet har som mål å nytte beste internasjonale praksis for fagfelleevalueringar på alle fagområde.
Løyvingane blir fordelte på fleire verkemiddel. Dei viktigaste er støtte til frie prosjekt og program. «Frie prosjekt» er forskingsprosjekt som ikkje er knytte til forskingsprogram eller infrastrukturtiltak. Forskarinitiert grunnforsking gjennom frie prosjekt er eit hovudverkemiddel for å sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga. Fri prosjektstønad kan gå til mange ulike formål, t.d. doktorgradsstipend, postdoktorstipend og utveksling av forskarar. På denne måten vil dei frie prosjekta også støtte opp under andre mål som rekruttering og internasjonalisering.
Del frie prosjekt som prosent av den faglege løyvinga til Forskingsrådet fordelt på fagområde
2000 | 2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|---|
Humaniora | 51 | 54 | 57 | 56 |
Samfunnsvitskap | 37 | 36 | 35 | 40 |
Medisin og helse | 63 | 70 | 69 | 73 |
Miljø og utvikling | 62 | 58 | 55 | 53 |
Naturvitskap og teknologi | 47 | 51 | 50 | 41 |
Tabellen over viser at delen frie prosjekt varierer mellom dei ulike fagområda. Den er lågast for samfunnsvitskap og naturvitskap og teknologi og høgast for medisin og helse. Utviklinga over tid viser ein auke for medisin og helse, som har hatt ein særskild strategi for å auke frie prosjekt. Delen frie prosjekt innanfor naturvitskap og teknologi har gått ned, mellom anna på grunn av den store auken i løyvingane til materialforsking og til Simula-senteret, jf. seinare omtale. Målt i kroner er nivået det same som i 2002. Forskingsrådet skal framleis prioritere frie prosjekt.
Programma har som hovudformål å byggje opp kompetanse og utvikle kunnskap på tematisk avgrensa felt der Noreg har særskilde behov eller særskilde føresetnader. Løyvinga frå departementet går dels til grunnforskingsprogram og dels til delfinansiering av såkalla handlingsretta, eller anvende, program.
Strategiske universitetsprogram og støtte til avansert vitskapleg utstyr er tiltak som skal leggje til rette for auka kvalitet i norsk forsking og støtte opp under forskingsstrategiar ved institusjonane. Forskingsrådet gir òg støtte til kontingentar, informasjon, formidling, evalueringsverksemd samt stimuleringstiltak og nettverksbygging. For meir omtale av forskingsverksemda og andre tiltak som blir finansierte av Forskingsrådet, sjå http://www.forskningsradet.no/programmer/aktiviteter.
I tråd med tilrådingane frå evalueringa av Forskingsrådet, tek rådet sikte på å starte opp eit nytt verkemiddel kalla «Store program» frå 2004. Dei store programma er tverrgåande, målretta satsingar som skal dekkje heile spekteret frå grunnforsking til anvend forsking og næringsretta forsking. Midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet vil gå inn i fleire av dei store programma, i samsvar med budsjettforslaget frå Forskingsrådet.
Løyvinga på kapittelet skal òg nyttast til å følgje opp fagevalueringar. Fagleg kvalitet og fornying er også her sentrale element. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å evaluere norske forskingsmiljø. Forskingsrådet skal òg styrkje arbeidet med oppfølging av evalueringane.
Humanistisk forsking
Resultatrapport for 2002-03
Av løyvinga på posten gjekk 97 mill. kroner til humanistisk forsking i 2002. I 2003 er løyvinga om lag 107 mill. kroner, jf. tabellen over.
For 2002 føresette departementet at Forskingsrådet skulle halde oppe nivået på fri prosjektstøtte, og gi startløyving til eit nytt grunnforskingsprogram om språkteknologi.
Forskingsrådet auka ramma til fri prosjektstøtte med 5 mill. kroner frå 2001 til 2002. Større FoU-prosjekt og postdoktorstipend vart særskilt prioriterte. Kvinner vart prioriterte ved tildeling av postdoktorstipend. Om lag halvparten av postdoktorstipendiatane var kvinner. Forskingsrådet ønskjer å få til ei meir konsentrert forskingsstøtte innanfor samfunnsfag og humanistiske fag. Dette har gjort at den gjennomsnittlege storleiken på forskingsprosjekta har gått opp.
Program for kulturstudiar vart avslutta i byrjinga av 2003 etter ein femårsperiode. Programmet har fokusert på kulturforståing, kulturbrytning og kulturpolitikk. Resultat av forskinga er mellom anna publiserte i skriftserien «Kulturstudiar». Formidling har også funne stad på andre måtar, til dømes gjennom radioserien «Norsk nå».
Om lag ein firedel av midlane frå departementet går til program. I 2002 vart programma Språkteknologi og Etikk, samfunn og bioteknologi starta opp. Program for samisk forsking starta opp i 2002. Programprofilen markerer ei satsing på rekruttering av kvinner, og fokus på å utvikle samisk som vitskapleg språk. I tillegg til det særskilde programmet vart det tildelt om lag 5,8 mill. kroner til samisk forsking over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet i 2002.
Ei evaluering av lingvistikk vart ferdigstilt i 2002. Evalueringa tek mellom anna til orde for å styrkje det nasjonale samarbeidet om fellesprosjekt, rettleiing og forskarutdanning. Forskingsrådet har drøfta oppfølgingstiltak i ei gruppe med representantar frå dei lingvistiske fagmiljøa. Vidare oppfølging skjer i dei einskilde forskingsmiljøa.
Resultatmål for 2004
Løyvinga til humanistisk forsking skal i 2004 vere minst 110 mill. kroner. Delen fri prosjektstøtte skal førast vidare på minst same nivå som i 2003.
Samfunnsvitskapleg forsking
Resultatrapport for 2002-03
Av løyvinga på posten gjekk 87 mill. kroner til samfunnsvitskapleg forsking i 2002. I 2003 er løyvinga om lag 86 mill. kroner.
For 2002 la departementet til grunn at nivået på fri prosjektstøtte skulle haldast oppe, og at grunnforskingsprogramma skulle førast vidare. 35 pst. av løyvinga gjekk til frie prosjekt i 2002. Det er ein svak nedgang i høve til 2001. Delen midlar til fagevalueringar var noko høgare i 2002 enn i 2001, medan ramma til grunnforskingsprogram utgjorde same del av løyvinga i 2002 som i 2001, 33 pst.
Løyvinga til grunnforskingsprogram gjekk mellom anna til programma Offentleg sektor i endring, Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State (ARENA) og Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanninga (KUPP), som alle har hovudfinansieringa si frå Utdannings- og forskingsdepartementet. KUPP blir også finansiert med midlar frå kategori 07.60. Programmet Samfunnsmessige og kulturelle føresetnader for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (SKIKT) vart avslutta i 2002. Det har mellom anna fokusert på samspelet mellom teknologi og menneske og kva teknologien har å seie for sosiale og kulturelle endringar i samfunnet.
Vidare gjekk løyvinga til å dekkje eit strategisk universitetsprogram innanfor barneforsking ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Frå 2002 er det sett av midlar til deltaking i «European Social Survey». Det er eit europeisk samarbeid mellom 23 land for å samle inn data innanfor sentrale samfunnsvitskaplege temaområde.
Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) vart omdanna til aksjeselskap frå januar 2003, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Fagevalueringa av norsk statsvitskap vart ferdig i 2002. Evalueringa konkluderer med at norsk statsvitskap kan hevde seg på dei fleste fagområda samanlikna med statsvitskapen i dei andre nordiske landa. På den andre sida er disiplinen prega av store kvalitetsforskjellar mellom fagmiljøa. I samarbeid med dei evaluerte miljøa vil Forskingsrådet som oppfølging utarbeide ein plan der ulike verkemiddel for å styrkje kvaliteten og fagutviklinga i statsvitskapleg forsking vil bli vurderte. Dei statsvitskaplege miljøa har òg sjølve følgt opp evalueringa med ulike tiltak.
Ei utgreiing om rekrutteringssituasjonen innanfor rettsvitskapleg forsking vart sluttført i 2002. Forskingsrådet og dei juridiske fakulteta samarbeider om fleire tiltak som kan styrkje rekruttering til og forsking i dei rettvitskaplege miljøa.
Grunnforskingsprogrammet ARENA er eit fleirfagleg program om Europa, som starta i 1994 og blir avslutta i 2003. Programmet har mellom anna sett på korleis EU og andre europeiske regime påverkar dei viktigaste funksjonane og institusjonane i nasjonalstaten. Eit sentralt mål har vore å styrkje den norske forskingskompetansen om endringsprosessane i Europa. ARENA har eit breitt samarbeid med leiande utanlandske forskingsmiljø. I fagevalueringa av norsk statsvitskap fekk ARENA omtale som eit framifrå forskingsmiljø innanfor sitt fagområde.
Resultatmål for 2004
Løyvinga til samfunnsvitskapleg forsking skal vere minst 94 mill. kroner. 5 mill. kroner som i 2003 vart nytta til aksjekapital til NSD, er ført tilbake til posten. Forskingsrådet skal prioritere fri prosjektstøtte. Evalueringa av statsvitskap skal følgjast opp.
Universitetet i Oslo førebur ei vidareføring av den faglege verksemda til ARENA i form av eit eige senter for forsking om EU og europeisk integrasjon. ARENA får ny organisasjonsform, og den faglege kompetansen programmet har opparbeidd etter å ha vore i drift i ti år, skal takast vare på og utviklast vidare innanfor senteret. Forskingsrådet skal setje av strategiske midlar til formålet. Departementet ventar også at ARENA vil nå fram i konkurransen om nasjonale og internasjonale forskingsmidlar.
Medisinsk og helsefagleg forsking
Resultatrapport for 2002-03
Av løyvinga på posten gjekk 116 mill. kroner til medisinsk og helsefagleg forsking i 2002. I 2003 er løyvinga 126 mill. kroner.
For 2002 føresette departementet at støtta til frie prosjekt skulle førast vidare på minst same nivå som i 2001, og at Forskingsrådet skulle leggje vekt på nyskapande forsking og internasjonalisering. Departementet føresette òg at tiltak for auka rekruttering av forskarar, særleg innanfor områda medisin, odontologi og psykologi, skulle førast vidare, m.a. gjennom å auke talet på studentstipend. Vidare skulle rådet finansiere studentstipend i samband med opprettinga av forskarlinjene i medisin ved universiteta.
Løyvinga til frie prosjekt er auka i 2002. I tildelinga er det lagt vekt på rekruttering, internasjonalisering og større konsentrasjon av midlar for å fremme kvalitet. Internasjonalt forskingssamarbeid vart høgt prioritert, ved både forskarutveksling og deltaking i EUs rammeprogram.
Det er framleis eit stort problem å rekruttere nok legar, tannlegar og psykologar til medisinsk forsking. For å auke talet på legar til forsking har Forskingsrådet, i tillegg til ei markert satsing på doktorgrad- og postdoktorstipend, auka talet på studentstipend i dei seinare åra. I 2002 var det 83 studentstipendiatar, meir enn tre gonger så mange som i 1998-99. Rådet finansierte òg 42 sommarstipend i 2002. I tillegg gav Forskingsrådet frå hausten 2002 stipend til medisinstudentar ved forskarlinjene i medisin som er oppretta ved dei fire universiteta.
Toppforskingsprogrammet, som tek sikte på å gi særleg talentfulle yngre forskarar best moglege arbeidsvilkår, har eksistert sidan 1996. Ei evaluering av programmodellen vart avslutta våren 2003. I evalueringa blir det peikt på at programmet har vore ein suksess, ved at styret har lykkast i å få tak i gode forskarar og å gi desse gode arbeidsvilkår og stor fridom. Styret har òg lykkast med å hente inn privat finansiering. Dei positive sidene ved modellen har m.a. vore stor fleksibilitet, men evalueringa peiker òg på nokre negative sider ved organiseringa. Toppforskingsprogrammet vil på sikt bli inkludert i ei ny ordning som skal gjelde alle fagområde, jf. kategoriomtalen.
Forskingsrådet har i 2002 og 2003 òg støtta fem internasjonalt akta forskingsmiljø ved universiteta med ei rammeløyving til såkalla MH-grupper (medisin og helse-grupper). I 2002 vart tre av MH-gruppene med i to av dei nyetablerte sentra for framifrå forsking.
I 2002 og 2003 har Forskingsrådet sett i verk tiltak for å følgje opp biofagevalueringa, m.a. ved konsentrasjon av midlar og satsing på nevrovitskapleg forsking. Ei fagevaluering av klinisk, epidemiologisk, samfunnsmedisinsk, helsefagleg og psykologisk forsking ved norske universitet, universitetssjukehus og relevante forskingsinstitutt skal vere sluttført i 2003.
Resultatmål for 2004
Løyvinga til medisinsk og helsefagleg forsking skal i 2004 vere om lag 131 mill. kroner. Forskingsrådet skal prioritere grunnforsking m.a. gjennom frie prosjekt og strategiske satsingar, nyskapande forsking og internasjonalisering. Forskingsrådet skal òg finansiere studentstipend til forskarlinjene i medisin ved universiteta.
Miljø- og utviklingsforsking
Resultatrapport for 2002-03
Av løyvinga på posten gjekk 46 mill. kroner til miljø- og utviklingsforsking i 2002. I 2003 er løyvinga 50 mill. kroner.
For 2002 føresette departementet at aktivitetane skulle førast vidare på same nivå som i 2001. Prioriteringa av frie prosjekt skulle halde fram, klima- og ozonforsking skulle ha høg prioritet, forskinga på Svalbard skulle styrkjast, og utvikling av tverrfagleg kompetanse skulle styrkjast. Forskingsrådet har følgt opp føringane.
I 2002 vedtok Forskingsrådet ein strategi for miljø og utvikling. Strategien legg vekt på heilskapleg miljø- og utviklingsforsking som ser miljø- og fattigdomsproblem i samanheng på mikro- og makronivå. I strategien blir fattigdom, klima, havmiljø, berekraftige økosystem og berekraftig samfunn prioriterte. Forskingsrådet presenterte dokumentet «Rikets miljøtilstand 2030 - et fremtidsbilde», som var mykje omtala. Forskingsrådet arrangerte òg den sjette konferansen om berekraftig utvikling i 2002. Forskingsavtalen om arktisk forsking mellom Noregs forskingsråd og National Science Foundation er underteikna, og dei første prosjekta fekk midlar i 2002.
Resultatmål for 2004
Løyvinga til forsking på området miljø og utvikling skal vere om lag 53 mill. kroner i 2004. Aktivitetane skal i hovudsak førast vidare på same nivå som i 2003 med hovudvekt på grunnleggjande forsking. Prioritering av frittståande prosjekt og opparbeiding av tverrfagleg kompetanse skal halde fram. Løyvinga er styrkt med 1 mill. kroner til norsk kontingent i den internasjonale samarbeidsmekanismen Global Biodiversity Information Facility (GBIF). GBIF arbeider for å knyte digitaliserte data om biologisk mangfald saman i eit interoperativt nettverk og gjere dei allment tilgjengelege på Internett. Forskingsrådet skal ta ansvar for norsk deltaking i GBIF-samarbeidet.
Naturvitskapleg og teknologisk forsking
Resultatrapport for 2002-03
Av løyvinga på posten gjekk 240 mill. kroner til naturvitskapleg og teknologisk forsking i 2002. I 2003 er løyvinga 303 mill. kroner.
For 2002 føresette departementet at frie prosjekt skulle prioriterast, med særskild vekt på postdoktorstipend. Departementet bad om at tiltaka for å betre rekrutteringa til naturvitskaplege og teknologiske fag skulle halde fram. Det same gjeld arbeidet med å rekruttere fleire kvinner til desse faga.
Løyvinga til frie prosjekt vart ført vidare med om lag same beløp som året før. Naturvitskapleg og teknologisk forsking var det fagområdet som hadde størst auke i talet på doktorstipend, med 9 pst. auke frå 2001 til 2002. Delen kvinnelege doktorgradsstipendiatar auka frå 27 pst. i 2001 til 30 pst. i 2002, medan auken for kvinnelege postdoktorstipendiatar var noko større, frå 31 pst. til 37 pst.
I 2002 finansierte Utdannings- og forskingsdepartementet følgjande program knytte til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar: Kjerne- og partikkelforsking (CERN), Romforsking (European Space Agency) og ESRF-følgjeforsking (European Synchrotron Radiation Facility). I tillegg vart følgjande grunnforskingsprogram finansierte: Berekningsorientert matematikk, Katalyse og organisk syntetisk kjemi og Marine ressursar, miljø og forvaltning. Desse programma er samfinansierte med andre departement. Frå 2002 blir òg programmet Etikk, samfunn og bioteknologi delfinansiert over løyvinga. Programmet NANOMAT vart oppretta i 2003. Programmet skal styrkje kompetansen innanfor nanoteknologi og nye materialar. I 2003 vart det løyvd 55 mill. kroner til NANOMAT over kap. 285 post 52 og kap. 286 post 50.
Vidare gjekk løyvinga mellom anna til 15 strategiske universitetsprogram, Formidlingsprogrammet, diverse evalueringsaktivitetar og kontingentar til dei internasjonale organisasjonane Ocean Drilling Program, Nordic Optical Telescope og EISCAT Scientific Association.
Løyvinga til IKT-senteret Simula på Fornebu vart ført vidare med ei samla ramme på 34,8 mill. kroner i 2002. Av desse kom 18,8 mill. kroner frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Simula-senteret vart etablert som aksjeselskap i juni 2002. I 2003 var den totale løyvinga til Simula 46 mill. kroner. Senteret er no i full drift. I 2002 publiserte forskarane ved senteret 17 artiklar i vitskaplege tidsskrift med «referee», samt ei rekkje andre publikasjonar. For meir informasjon om senteret, sjå www.simula.no.
Forskingsrådet har gjennomført fleire fagevalueringar sidan 1996. I 2002 vart IKT- og matematikkevalueringane avslutta. Det vil bli lagt fram nasjonale fagplananar baserte på evalueringane, jf. omtale i kategoriinnleiinga. I 2002 samarbeidde Forskingsrådet med universiteta om å utvikle eit nytt tiltak kalla strategiske omstillingsprosjekt. Tiltaket skal nyttast til å følgje opp fagevalueringar og fagplanar.
Resultatmål for 2004
Løyvinga til naturvitskapleg og teknologisk forsking skal vere minst 314 mill. kroner. Satsinga innanfor nanoteknologi og nye materialar skal førast vidare. Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å følgje opp fagevalueringane innanfor naturvitskap og teknologi. I samband med dette vil det bli lagt særleg vekt på strategiske omstillingsprosjekt.
Vitskapleg utstyr
Forskingsrådet har oppnemnt eit nytt utstyrsutval for perioden 2003-06 med representantar frå universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. Utvalet har til oppgåve å fordele midlar til vitskapleg utstyr, leggje opp ein nasjonal utstyrsstrategi og samordne innkjøp av utstyr mellom institusjonane.
I 2002 hadde Forskingsrådet i alt 20 mill. kroner til fordeling på avansert vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet. Det meste av løyvinga gjekk til å innfri tilsegn som vart gitt i 2001. Vidare vart det løyvd midlar til utstyr nytta til forsking knytt til ESRF-fasiliteten i Grenoble i Frankrike. I 2003 vart løyvinga til vitskapleg utstyr gjennom Forskingsrådet styrkt med 88 mill. kroner til 108 mill. kroner.
Løyvinga til vitskapleg utstyr gjennom utstyrsutvalet skal førast vidare på om lag same nivå som i 2003. Ein del av løyvinga skal nyttast til infrastruktur for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. Sjå også nedanfor om særskilde eittårige midlar i 2004.
FUGE
Satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) er basert på ein plan utarbeidd i samarbeid mellom dei sentrale norske forskingsmiljøa på dette feltet. Målet med satsinga er å bringe Noreg på høgde med den internasjonale utviklinga innanfor funksjonell genomforsking i løpet av fem år. I 2002 sette Regjeringa av 100 mill. kroner av fondsavkastninga til formålet, og i 2003 vart FUGE-satsinga styrkt med om lag 50 mill. kroner over dei ordinære løyvingane til Forskingsrådet. Departementet legg til grunn at FUGE-satsinga blir ført vidare på same nivå som i 2003, jf. også kap. 286 post 50.
Yngre framifrå forskarar
Som eit ledd i arbeidet for å auke kvaliteten i norsk forsking, vart det i 2003 sett av 20 mill. kroner til ei ny satsing på yngre, framifrå forskarar gjennom Noregs forskingsråd. Satsinga skal gi yngre, særskilt talentfulle forskarar på alle fagområde ekstra gode rammevilkår for at dei skal kunne nå internasjonal toppklasse. Eit viktig mål med satsinga er å få fram gode framtidige forskingsleiarar. Tiltaket er på mange måtar ei utviding av det såkalla Toppforskingsprogrammet i medisin, slik at det gjeld alle fagfelt. Toppforskingsprogrammet har fått ei positiv evaluering, og modellen for dette programmet har i all hovudsak synt seg å vere formålstenleg. Det er viktig at røynslene frå Toppforskingsprogrammet blir tekne med i utforminga av den nye ordninga. Løyvinga til yngre framifrå forskarar skal førast vidare på minst same nivå som i 2003.
Kommersialisering av forsking
Auka kommersialisering av forskingsresultat og oppfinningar frå universitet og høgskolar er eit prioritert mål for Regjeringa. Med endringane i universitets- og høgskolelova, jf. Innst. O. nr. 58 (2001-2002) og Ot.prp. nr. 40 (2001-2002), og arbeidstakaroppfinningslova, jf. Innst. O. nr. 6 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 67 (2001-2002), har universitet og høgskolar fått auka ansvar for kommersialisering av oppfinningar frå tilsette ved institusjonane. Til arbeidet med denne oppgåva vart det løyvd 6 mill. kroner til FORNY-programmet over denne posten i 2003. Departementet foreslår å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner til 11,5 mill. kroner i 2004. I tillegg blir det løyvd 11,5 mill. kroner til kommersialisering av forskingsresultat over kategori 07.60, m.a. til oppbygging av teknologioverføringskontor. 6 mill. kroner av desse midlane vil gå til FORNY.
Rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren
Av løyvinga på posten gjekk 19 mill. kroner til rekruttering av forskarar innanfor fiskeri-, havbruks- og landbrukssektoren i 2002. I 2003 er løyvinga 21 mill. kroner.
I 2002 finansierte departementet vel 47 stipendiatårsverk på desse innsatsområda. Av desse var 25 årsverk retta mot fiskeri- og havbrukssektoren og 22 retta mot landbrukssektoren. Delen kvinner har vore over 50 pst. sidan 2000. Løyvinga til rådvelde for rekruttering av forskarar innanfor fiskeri, havbruks- og landbrukssektoren skal vere minst 22 mill. kroner i 2004.
Strategiske fellesfunksjonar og informasjon
Dei strategiske fellesfunksjonane til Forskingsrådet omfattar mellom anna forskingspolitisk rådgiving, koordinering av budsjettarbeid og rapportering, arbeid for å styrkje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid og arbeid med å styrkje den rolla Forskingsrådet har som møteplass for aktørane i forskingssystemet.
Resultatrapport for 2002-03
Av løyvinga på posten gjekk 52 mill. kroner til strategiske fellesfunksjonar og informasjon i 2002. I 2003 er løyvinga 50 mill. kroner. Nedgangen skriv seg frå tekniske endringar.
For 2002 føresette departementet mellom anna at Forskingsrådet skulle sikre god utnytting av norsk deltaking i internasjonale samarbeidsprogram og organisasjonar. 1 mill. kroner vart øyremerkte til styrking av bilateralt forskingssamarbeid i form av faglege seminar og nettverksbygging .
Arbeidet med EUs sjette rammeprogram for forsking og det europeiske forskingsområdet (ERA) var omfattande i 2002. Gjennom EU Forskingsinfo har Forskingsrådet trappa opp arbeidet med informasjon og rådgiving overfor forskingsmiljøa og næringslivet. Arbeidet med å styrkje mobiliteten innanfor høgre utdanning og forsking har mellom anna ført til ei rekkje nye bilaterale avtalar. I 2002 sette Forskingsrådet ned eit utval som skal sjå på korleis ein kan auke forskarmobiliteten til Noreg. Utvalet la fram rapporten sin i mai 2003, og Forskingsrådet arbeider no med oppfølginga. Forskingsrådet har også starta eit prosjekt for teknologiframsyn kalla CREATE. Målet med prosjektet er å utvikle nye arbeidsformer ved identifisering av kunnskapsbehov. Prosjektet har mellom anna som mål å utvikle ei kunnskapsplattform for teknologiframsyn knytt til liknande initiativ i EUs sjette rammeprogram og det europeiske forskingsområdet (ERA).
Ein evalueringsrapport om forskarutdanning i Noreg vart ferdig i 2002. Forskingsrådet ferdigstilte også utgreiinga «Kvinner i forskning - fra kvotering til integrering». «Det norske forsknings- og innovasjonssystemet - statistikk og indikatorer 2001» kom ut i 2002.
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (NEM, NENT og NESH) har i 2002 rusta opp kommunikasjonsverksemda si. Etikknettverket SCRES vart nedlagt 31. desember 2002.
Innanfor informasjon og formidling føresette departementet at Forskingsrådet skulle arbeide vidare med formidling retta mot allmenta, med særleg vekt på å utvikle vidare elektroniske informasjonstilbod. Forskingsrådet styrkte formidlingsarbeidet i 2002 ved å auke satsinga på dei nasjonale tiltaka Forskingsdagane, Nysgjerrigper-prosjektet og nettstaden «forskning.no».
Løyvinga dekte i 2002 også basisløyvinga til forskingsinstitutta NIFU (Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning) og STEP (Studies in technology, innovation and economic policy). Frå 1. januar 2003 får desse to institutta løyving over kap. 287 post 54.
Resultatmål for 2004
Løyvinga til strategiske fellesfunksjonar og informasjon skal vere om lag 49 mill. kroner i 2004. Forskingsrådet skal fremme internasjonalt forskingssamarbeid og forskarmobilitet mellom anna ved å leggje meir systematisk til rette for integrering av slikt samarbeid i dei nasjonale programaktivitetane. Vidare skal rådet sikre god utnytting av norsk deltaking i internasjonale samarbeidsprogram, organisasjonar, infrastruktur og installasjonar.
Rådet skal leggje vekt på å mobilisere norske forskingsmiljø i forhold til det sjette rammeprogrammet for forsking og utviklinga av eit europeisk forskingsområde, jf. nærmare omtale nedanfor. Vidare skal Forskingsrådet leggje særleg vekt på å utvikle det bilaterale forskingssamarbeidet med mellom anna USA/Canada, Frankrike og Tyskland. Rådet skal følgje opp den bilaterale avtalen mellom Japan og Noreg om forsking og teknologi, og utvikle vidare samarbeidet med Kina.
Løyvinga er foreslått auka med 10 mill. kroner, særleg til styrking av det bilaterale internasjonale samarbeidet og til betre utnytting av norsk deltaking i dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane og -programma. Departementet foreslår vidare at 1,5 mill. kroner skal nyttast til komiteen for integreringstiltak for å betre tilhøva for likestilling i forskingssektoren. Arbeidet med formidling av forsking overfor allmenta skal førast vidare.
Styrking av EU-arbeidet
I 2003 vart 5 mill. kroner av løyvinga på posten omdisponert til styrking av EU-arbeidet i Forskingsrådet. Regjeringa ser det som viktig å styrkje innsatsen i samband med EUs rammeprogram for forsking. Det er særleg viktig å sikre finansiering av eigendelen når norske FoU-miljø får tildelt prosjekt frå EU.
Regjeringa legg vekt på å sikre at norske miljø får god informasjon og rettleiing om deltaking i rammeprogrammet. Dette arbeidet har vorte enda viktigare etter at nye og til dels meir krevjande samarbeidsformer vart introduserte i det sjette rammeprogrammet. Noregs forskingsråd har det operative ansvaret for å leggje til rette for norsk deltaking i rammeprogrammet.
I 2004 skal Forskingsrådet gi EU-arbeidet høg prioritet og samstundes sikre naudsynt samarbeid med andre relevante aktørar. Informasjon om søknadsprosess, immaterielle rettar og partnarsøk retta mot små og mellomstore verksemder bør styrkjast. Det gjeld òg forprosjektstøtte til verksemder. Forskingsrådet bør sjå nærmare på korleis instituttsektoren kan styrkje deltakinga i rammeprogrammet, til dømes gjennom utvikling av nye verkemiddel. For at Noreg skal få best mogleg nytte av deltakinga i programmet, er det òg naudsynt å ha nasjonale ekspertar i Europa-kommisjonen. Desse kan ivareta norske synspunkt i aktuelle saker og samstundes medverke til å auke kunnskapen om rammeprogrammet. Sentrale oppgåver i ERA-arbeidet vil vere å bidra i arbeidet med senter for mobilitet, leggje til rette for norsk medverking i nettverk, og vurdere utnytting og opning av forskingsprogram eller delar av desse mellom land.
Løyvinga til EU-arbeidet i Forskingsrådet skal i 2004 vere minst 18 mill. kroner. I tillegg foreslår departementet særskilde eittårige midlar til dette, jf. omtale nedanfor.
Særskilde eittårige midlar
Som følgje av omlegginga av fordelinga av tippemidlar blir det ein mellombels auke i løyvingane til forsking på nær 141 mill. kroner i 2004. Departementet vil nytte auken til å finansiere infrastrukturtiltak og anna langsiktig forsking på tvers av sektorane.
Departementet foreslår å nytte 30 mill. kroner til styrkt innsats i samband med EUs rammeprogram for forsking, med særleg vekt på nasjonal samfinansiering av EU-prosjekt. Departementet legg til grunn at også norske forskingsprosjekt som får støtte frå EU gjennom rammeprogram utanom rammeprogrammet for forsking, skal bli vurderte for støtte.
Som ei eingongsinvestering foreslår departementet at Forskingsrådet nyttar 43 mill. kroner til delfinansiering av eit nasjonalt PET-senter. Dei totale investeringskostnadene er berekna til 93 mill. kroner. Forskingsrådet har allereie sett av 25 mill. kroner av avkastninga frå Forskingsfondet til dette, og i tillegg har ein industriell partnar gitt tilbod om delfinansiering på 25 mill. kroner. PET (positronemisjonstomografi) blir nytta til både forsking og diagnostikk, særskilt innanfor onkologi (læra om kreft), men også innanfor nevrologi, kardiologi og psykiatri. Senteret skal forankrast organisatorisk i Helse Sør RHF i samarbeid med Universitetet i Oslo. Dette er nasjonal infrastruktur som alle universiteta og dei regionale helseforetaka skal kunne dra nytte av. Regjeringa legg til grunn at midlar til drift som gjeld etablert klinisk medisin blir dekte innanfor rammene til dei regionale helseforetaka. Sjå også omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet, del III, kap. 1.
Departementet foreslår at 34 mill. kroner av dei særskilde eittårige midlane i 2004 blir nytta til vitskapleg utstyr ved forskingsinstitutta. Vitskapleg utstyr innanfor nanoteknologi skal prioriterast.
15 mill. kroner skal nyttast til deltaking i internasjonale prosjekt for kartlegging av genoma til storfe og torsk. Vidare skal 10 mill. kroner nyttast til bygging av eit marinlaboratorium ved Kings Bay AS i Ny-Ålesund. 4,5 mill. kroner skal finansiere eit databasert styringsverktøy kalla «Laboratory Information Management System» (LIMS) ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.
Av løyvinga skal 4 mill. kroner nyttast til å dekkje utgifter i samband med den første utdelinga av Ludvig Holbergs forskingspris for framifrå forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Frå 2005 vil alle utgiftene til Holberg-prisen bli dekte av avkastninga frå Holberg-fondet. Sjå kap. 287 post 56 for meir omtale.
Budsjettforslag for 2004
883 mill. kroner av løyvinga på kap. 285 post 52 er finansierte gjennom avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 3286 post 80. Budsjettforslaget for kap. 285 post 52 viser totalt ein auke på om lag 22 pst. frå 2003 til 2004. Den største delen av auken skriv seg frå omlegginga av fordelinga av tippemidlar, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003). Omlegginga fører med seg ein mellombels auke i løyvingane til forsking på nær 141 mill. kroner i 2004. I 2005 vil om lag 300 mill. kroner bli trekte ut av løyvinga på posten på grunn av at tippemidlane ikkje lenger skal finansiere forsking. Forskingsrådet må ta omsyn til dette i disponeringa av løyvinga for 2004.
Korrigert for auken som skriv seg frå omlegginga av tippemidlar, er auken på posten på 6,8 pst. I tillegg til løyvingane over post 52 blir tilsegnsfullmakta ført vidare på same nivå som i 2003, dvs. 37,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III nr. 1.
Post 55 Administrasjon
Resultatrapport for 2002-03
Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer administrasjon av Noregs forskingsråd på vegner av alle departementa. Løyvinga var på 180 mill. kroner i 2002. I tillegg til prisstiging vart løyvinga auka med 10 mill. kroner til om lag 197 mill. kroner i 2003. Auken var tilrådd av det internasjonale evalueringspanelet i 2001. Ved årsskiftet 2002-03 var 298 årsverk knytte til administrasjonen.
Forskingsrådet har i 2003 fått nye vedtekter og nytt hovudstyre, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003). Rådet har arbeidd aktivt med å følgje opp vedtaka om eit nytt forskingsråd og førebu ei vellukka omorganisering. Arbeidet med realisering av ein elektronisk, internettbasert FoU-administrasjon har òg vore prioritert høgt. Systemet skal setjast i full drift frå 2004, og vil då sørgje for ei raskare og meir ope sakshandsaming. Overgang til automatisk utbetaling og forenkla rapportering på framdrift i FoU-prosjekt er førebudd i 2002 og blir sett i verk frå 2003.
Resultatmål for 2004
Den administrative verksemda skal omfatte oppgåver for alle departementa, og inkludere forvaltning og fordeling av heile budsjettet til Forskingsrådet. I 2004 skal administrasjonen særleg arbeide med å utvikle den nye organisasjonen som trådde i kraft i september 2003.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga til administrasjon av Noregs forskingsråd blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Kap. 286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Overføring til Noregs forskingsråd | 350 462 | 528 821 | 606 205 |
90 | Fondskapital | 17 000 000 | 3 000 000 | |
Sum kap. 286 | 17 350 462 | 3 528 821 | 606 205 |
Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå juli 2003 ein fondskapital på 31,8 mrd. kroner. Kapitalen i fondet er plassert som kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med ti års bindingstid. Førre års avkastning frå fondskapitalen blir årleg ført inn på inntektssida i statsbudsjettet (jf. kap. 3286 post 80). Løyvingane til forsking blir førte med same beløp på utgiftssida i statsbudsjettet. Fondet skal medverke til å oppfylle dei overordna forskingspolitiske måla, ved å finansiere langsiktig, grunnleggjande forsking og forsking på tvers av sektorane. Det skal leggjast sterk vekt på kvalitet.
Post 50 Overføring til Noregs forskingsråd
Resultatrapport for 2002-03
Forskingsrådet er ansvarleg for fordelinga av den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir løyvd over kap. 286. Avkastninga utgjorde 350,5 mill. kroner i 2002 og 528,8 mill. kroner i 2003. I perioden 2001 til 2003 er midlane fordelte på prioriterte område som vist i tabellen under:
Midlar frå Fondet for forsking og nyskaping. Fordeling etter prioriterte område
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Tema1 | 2001 | 20022 | 2003 |
Senter for framifrå forsking | - | 70 000 | 140 000 |
FUGE | - | 100 000 | 100 000 |
Langsiktig, grunnleggjande forsking generelt | 100 700 | 57 000 | 69 000 |
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) | 12 000 | 13 000 | 24 500 |
Forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø | 22 500 | 17 500 | 27 500 |
Medisin og helse | 28 000 | 24 500 | 41 500 |
Marin forsking | 37 000 | 48 500 | 68 500 |
Administrasjon | 4 000 | 19 962 | 29 900 |
Ikkje fordelte | - | - | 27 921 |
Sum | 204 200 | 350 462 | 528 821 |
1 Kategoriane i tabellen overlappar kvarandre delvis. Til dømes vil store delar av FUGE-satsinga vere knytte til medisinsk og marin forsking. Sentra for framifrå forsking vil også i fleire tilfelle gjelde forsking innanfor dei tematiske satsingsområda.
2 Fordelinga for 2002 skil seg frå fordelinga i tabellen i St.prp. nr. 1 (2002-2003), som var basert på førebels budsjett.
Kvalitet er det fremste kriteriet ved tildeling av midlar frå fondet. Forskarutdanning og internasjonalisering er sentrale element i satsingane. 84 doktorgradsstipendiatar og 30 postdoktorstipendiatar vart finansierte med midlar frå fondet i 2002. Det er om lag ei dobling i høve til 2001. Internasjonalisering er integrert i dei fleste satsingane. Utanlandsstipend og gjesteforskarstipend medverkar til å styrkje kontakten med leiande forskingsmiljø i utlandet.
Ordninga med senter for framifrå forsking er eit særs viktig tiltak for auka kvalitet i norsk forsking. I 2002 vart dei 13 første norske sentra oppretta etter ein grundig prosess der 129 søknader konkurrerte. Fordi sentra først vart sette i drift seinhaustes 2002, vart ikkje løyvinga for 2002 brukt opp. Midlane blir derfor overførte til seinare år, slik at samla årleg løyving aukar frå 140 mill. kroner til 155 mill. kroner for åra 2003-06. Sentra får òg medfinansiering frå vertsinstitusjonane og frå samarbeidande institusjonar og næringsliv. Nærmare opplysningar om dei 13 sentra finst på heimesidene til Forskingsrådet.
FUGE-programmet er oppretta for å styrkje forsking og kompetanseutvikling innanfor funksjonell genomforsking i Noreg, og for å medverke til at Noreg kan bli leiande i verda på område der landet har spesielle føresetnader. FUGE-programmet satsar innanfor tre utvalde område: medisinsk forsking (om lag 40 pst.), marin forsking og biologisk grunnforsking (om lag 30 pst. kvar). Løyvinga var på 100 mill. kroner i 2002. Hovudsatsinga i dette første virkeåret var etableringa av ti såkalla teknologiplattformer. Ansvaret for plattformene er fordelt mellom dei fire universitetsregionane, men det er òg stor grad av samarbeid mellom miljøa. Rekruttering er ei anna viktig satsing. Løyvingar til karriereutvikling (postdoktorstipend) og etablering av forskargrupper (etter postdoktor-nivå) er også prioriterte tiltak. Også prosjekt innanfor områda etikk, miljø og samfunn fekk støtte i 2002. På sikt vil FUGE-satsinga også fokusere på næringsutvikling i samband med teknologiplattformene. Prosessen med utviklinga av FUGE-programmet har vore god, og har ført til nært samarbeid og gode synergiar mellom forskingsmiljøa i Noreg. Løyvinga til FUGE vart i 2003 styrkt med om lag 50 mill. kroner over kap. 285 post 52.
Kategorien «langsiktig, grunnleggjande forsking generelt» gjeld mellom anna tverrfagleg forsking innanfor nanoteknologi og materialteknologi, polarforsking knytt til klima, globalisering og internasjonalisering, og på såkalla næringsretta kompetansefelt, dvs. område som er særleg relevante for framtidig næringsutvikling. Materialteknologi generelt og nanoteknologi spesielt står i dag fram som strategisk viktige naturvitskaplege forskingsområde med stort industrielt potensial. I 2002 har Forskingsrådet oppretta eit nasjonalt program innanfor feltet, kalla NANOMAT, jf. også kap. 285 post 52. Ramma for satsinga på polar klimaforsking er på 110 mill. kroner for perioden 2002-06.
Fondsmidlane til IKT-forsking har i 2002 mellom anna gått til utvikling av norsk språkteknologi, bioinformatikk og miljøovervaking. Overvakingsprogrammet finansierer prosjekt der forskarane mellom anna nyttar sonar for å måle tilhøva på havbotnen. Midlane til forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø gjekk mellom anna til forsking på fornybar energi og energimarknader, på industriell økologi i energikrevjande industri og på effekten av miljøtiltak. Innanfor medisin og helse er det eit særleg fokus på å styrkje kvaliteten på forskinga gjennom støtteordningar for å gi unge framifrå forskarar og høgt kvalifiserte forskargrupper så gode rammevilkår at dei kan hevde seg internasjonalt. Dei viktigaste satsingane innanfor marin forsking gjeld bioinformatikk, forsking på marine oppdrettsartar og bioprospektering, som er eit lovande verktøy for å finne nye, naturlege substansar som mellom anna kan nyttast til framtidige legemiddel.
Resultatmål for 2004
Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal nyttast til å støtte langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og langsiktig forsking innanfor dei fire tematiske satsingsområda. Kvalitet skal vere det fremste kriteriet for tildeling av midlar frå fondet. Ordninga med senter for framifrå forsking skal framleis finansierast av fondsmidlar, og FUGE-satsinga skal førast vidare med minst same løyving frå fondet som i 2003. I tillegg foreslår departementet å løyve 50 mill. kroner til FUGE over kap. 285 post 52.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på kap. 286 post 50 aukar med om lag 77 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2003, i samband med auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 3286.
Post 90 Fondskapital
I statsbudsjettet for 2003 auka Stortinget kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner til 30 mrd. kroner. Fondet vart vidare styrkt med 1,8 mrd. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2003. Fondet har i dei siste åra vorte eit viktig instrument for å styrkje løyvingane til norsk forsking. Fondet har mellom anna gjort det mogleg å få til nye store satsingar for å fremme kvaliteten i forskinga, jf. omtalen under post 50.
Kap. 3286 Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Avkastning | 525 462 | 1 251 740 | 1 917 884 |
Sum kap. 3286 | 525 462 | 1 251 740 | 1 917 884 |
Kapittelet gjeld avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping, jf. kap. 286. Fondet for forsking og nyskaping vart oppretta 1. juli 1999 og har frå juli 2003 ein fondskapital på 31,8 mrd. kroner.
Avkastninga vil i 2004 bli fordelt med 428,7 mill. kroner i direkte forskingsløyvingar til universitet og høgskolar over kategori 07.60, 606,2 mill. kroner til Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50 og 883 mill. kroner til Forskingsrådet over kap. 285 post 52, som ein kompensasjon for tapte tippeinntekter til forsking. Sjå St.prp. nr. 1 (2002-2003) for ein omtale av endringa i fordelinga av tippeoverskottet. For å fullfinansiere Kvalitetsreforma i 2004 er den delen av fondsavkastninga som blir kanalisert direkte til universitet og høgskolar, auka i høve til 2003. Avkastninga som blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd over kap. 286 post 50, utgjer to tredelar av avkastninga av 15 mrd. kroner. Ved ein eventuell framtidig auke i avkastninga, vil Regjeringa vurdere nye prinsipp for fordeling.
Kap. 287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 3287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
21 | Særskilde driftsutgifter | 4 223 | 3 503 | 3 429 |
50 | NOVA | 20 872 | 21 686 | 22 467 |
52 | Norsk Utanrikspolitisk Institutt | 14 931 | 15 513 | 16 106 |
54 | Forskingsstiftelsar | 36 984 | 43 516 | 45 083 |
56 | Ludvig Holbergs forskingspris | 4 562 | ||
71 | Tilskott til andre private institusjonar | 15 325 | 18 423 | 19 086 |
72 | Til disposisjon for departementet | 2 311 | 2 312 | 2 395 |
73 | Niels Henrik Abels matematikkpris | 12 400 | 12 400 | |
90 | Niels Henrik Abels minnefond | 200 000 | ||
Sum kap. 287 | 294 646 | 117 353 | 125 528 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endring:
Post 52 er auka med kr 35 000 i samband med omlegginga av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift. Sjå omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal nyttast til å dekkje utgifter til utgreiingar o.a. som vil medverke til å betre kunnskapsgrunnlaget for forskingspolitikken. I 2002 er løyvinga i hovudsak nytta til å finansiere oppfølginga av evalueringa av Noregs forskingsråd. Midlar frå posten har også vore nytta til utgreiingar om kommersialisering av forskingsresultat i Noreg og om patentering ved norske forskingsinstitusjonar. Departementet har i 2003 mellom anna brukt midlar frå løyvinga til å finansiere utgreiingar om grunnforsking og om sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk. Løyvinga for 2004 blir ført vidare på om lag same nivå som i 2003.
Post 50 NOVA
Forskinga og utviklingsarbeidet ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal føre til auka kunnskap om sosiale tilhøve og endringsprosessar. Instituttet skal fokusere på problemstillingar om livsløp, levekår og livskvalitet samt tenester og tiltak i velferdssamfunnet.
NOVA har eit særleg ansvar for å utføre forsking om sosiale problem, offentlege tenester og overføringsordningar. Instituttet skal forske på familien, barn og unge og oppvekstvilkåra deira. NOVA skal vidare drive forsking og utviklingsarbeid med særleg vekt på utsette grupper, og på ulike område knytte til barnevern, samt utvikle vidare den gerontologiske forskinga. Forskinga er organisert i forskargrupper og i strategiske instituttprogram. Instituttet legg stor vekt på å få i stand fagleg samarbeid på tvers av forskingsgruppene.
Resultatrapport for 2002-03
Det vart utført om lag 71 forskarårsverk ved NOVA i 2002. Det er ein auke på tre frå 2002. Kvinner stod for 42 av forskarårsverka. To forskarar tok doktorgraden i 2002. I alt har NOVA 30 tilsette i hovudstilling med doktorgrad. Den eksterne finansieringa av forsking ved NOVA har auka. Basisløyvinga frå kap. 287 stod for 33 pst. av dei samla inntektene. Det er ein nedgang på tre prosentpoeng frå 2001. Den eksterne publiseringa ved instituttet har auka noko i 2002.
NOVA har i 2002 etablert ei ny gruppe for migrasjonsforsking. Denne kjem i tillegg til dei seks andre forskingsgruppene. I samarbeid med forlag gir NOVA ut to tidsskrift.
Resultatmål for 2004
NOVA skal utvikle posisjonen sin som eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal arbeide for å styrkje det internasjonale samarbeidet sitt og auke den internasjonale finansieringa.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 52 Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI)
NUPI har som formål å medverke til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og ved å spreie informasjon om internasjonale tilhøve. Instituttet skal formidle forskingsresultat og forskingsbasert utviklingsarbeid til særskilde brukargrupper og til allmenta.
Resultatrapport for 2002-03
Forskarane ved NUPI utførte om lag 40 forskarårsverk i 2002, noko som er ein auke på fire samanlikna med 2001. Kvinner stod for ni av årsverka. Ein forskar tok doktorgraden i 2002. NUPI har 16 tilsette i hovudstilling med doktorgrad. Basisløyvinga frå kap. 287 utgjorde 33 pst. av dei samla inntektene mot om lag 38 pst. året før. Dei eksterne inntektene har auka monaleg i dei siste åra. Den samla publiseringa har auka i perioden frå 1999 til 2003, og særleg gjeld dette publisering i internasjonale vitskaplege tidsskrift.
Forskinga ved NUPI kan generelt delast i to hovudkategoriar. Den eine gjeld konflikt- og samarbeidsmønster i internasjonal politikk. Den andre er retta mot norsk utanrikspolitikk og norske verksemder i utlandet. I 2002 omorganiserte NUPI forskingsverksemda si. Ei ny avdeling for internasjonal politikk vart oppretta. Innanfor avdelinga er det ulike temagrupper som mellom anna arbeider med spørsmål om internasjonal tryggleik, krisehandtering samt terrorisme og internasjonal kriminalitet. Dei andre avdelingane og forskingseiningane er førte vidare.
Informasjonsverksemda ved NUPI spelar ei viktig rolle i det offentlege ordskiftet om internasjonal politikk, både gjennom nyheitsmedia, seminar og publikasjonar på eige forlag. Instituttet gir ut tre tidsskrift og artikkelserien «Hvor hender det?», som i hovudsak er mynta på skolen.
Resultatmål for 2004
NUPI skal vere eit leiande forskingsinstitutt innanfor dei faglege kjerneområda sine. Instituttet skal styrkje finansieringa frå internasjonale finansieringskjelder. NUPI har få kvinnelege forskarar, og arbeidet for å rekruttere fleire kvinner til forskarstillingar skal halde fram.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 54 Forskingsstiftelsar
Løyvinga på posten blir stilt til rådvelde for Noregs forskingsråd. Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og har derfor fått ansvaret for å tildele desse løyvingane. Basisløyvingane skal nyttast til oppbygging av langsiktig kompetanse på særskilde område. Dei skal ikkje nyttast til å subsidiere oppdragsforsking. Den årlege tildelinga av basisløyvingar gjer Forskingsrådet i stand til å følgje utviklinga i sektoren. Forskingsrådet arbeider for å fremme kvalitet i forskinga ved institutta, betre samarbeidsrelasjonar og fremme ei formålstenleg arbeidsdeling i sektoren. Arbeidet skjer ved løpande kontakt med instituttleiarane, dialogmøte med institutta, systematiske instituttevalueringar, årleg rapportering frå institutta og tildelingar av strategiske instituttprogram.
Resultatrapport for 2002-03
Posten finansierte i 2002 basisløyvingane til følgjande fem frittståande forskingsinstitutt: Senter for klimaforsking (CICERO), Institutt for fredsforsking (PRIO), Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Institutt for samfunnsforsking (ISF) og Forskingsstiftelsen Fafo. I 2002 har Forskingsrådet lagt vekt på å styrkje oppfølginga av det instituttstrategiske ansvaret sitt. Forskingsrådet har ved tildelinga av basisløyvingar i 2002 og 2003 lagt til grunn ei viss utjamning av støttenivået mellom institutta i sektoren.
CICERO, PRIO og FNI er utanrikspolitiske institutt, og utfører hovudsakleg forsking på følgjande område: utanriks- og tryggleikspolitikken til statane, borgarkrig, etniske og nasjonalistiske konfliktar, energi-, miljø- og klimapolitikk, polarpolitikk samt internasjonalt samarbeid på ulike saksområde. Dei tre institutta hadde til saman 69 forskarårsverk i 2002 mot 68 året før. Kvinner stod for 27 av årsverka. Forskingsrådet tildelte totalt 21,1 mill. kroner i basisløyvingar til desse institutta i 2002. Utanom basisløyvinga hadde institutta prosjektinntekter på 21,5 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2002. Frå 1. januar 2003 vart basisløyvingsansvaret for CICERO ført over frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Miljøverndepartementet, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Fafo og Institutt for samfunnsforsking (ISF) driv hovudsakleg forsking om arbeidsmarknaden, arbeidslivet, velferd og internasjonale tilhøve. Den samla basisløyvinga til desse institutta var på 15,4 mill. kroner i 2002. I tillegg kjem støtte frå Forskingsrådet til prosjekt på 15,7 mill. kroner. Institutta utførte 100 forskarårsverk i 2002. Det er ein reduksjon på seks frå året før. 44 av årsverka vart utførte av kvinner. ISF og Fafo vart evaluerte i 2001. Forskingsrådet har følgt opp tilrådingane frå evalueringsutvalet ved tildeling av basisløyving for 2002 og 2003.
Som følgje av evalueringane av Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) og Studies in technology, innovation and economic policy (STEP), og i samråd med institutta sjølve, får dei frå 2003 finansieringa si frå kap. 287. Frå same tidspunktet har STEP gått inn i SINTEF som eit nytt senter for innovasjonsforsking.
Resultatmål for 2004
Institutta bør vidareutviklast gjennom strategiske instituttprogram som byggjer opp den langsiktige fagutviklinga. Forskingsrådet skal medverke til at det internasjonale engasjementet til institutta blir styrkt m.a. ved samarbeid gjennom rammeprogrammet til EU. Forskingsrådet skal vidare arbeide for å auke rekrutteringa av kvinnelege forskarar ved dei institutta der delen av kvinner er låg. Innanfor løyvinga til dei utanrikspolitiske institutta ønskjer departementet framleis å stimulere til vidare strategiske satsingar. Særleg skal Forskingsrådet leggje vekt på at satsingane medverkar til samarbeid mellom institutta. Dei skal også medverke til vedlikehald og bygging av europeiske nettverk og føre til auka innsikt i europeiske spørsmål som har høg relevans for Noreg.
STEP og NIFU er sentrale nasjonale kunnskapsmiljø når det gjeld studiar og evalueringar av forskings- og innovasjonspolitikk. Departementet understrekar at det er viktig å ta vare på og utvikle vidare kompetansen i desse miljøa. Forskingsrådet skal medverke til dette.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Post 56 Ludvig Holbergs forskingspris
Ludvig Holbergs forskingspris skal gi samfunnsvitskap og humaniora i vid forstand ein nordisk vitskapleg pris der prisbeløpet vil vere på om lag same nivå som nobelprisen. Holberg-prisen skal auke merksemda kring samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og medverke til kvalitetsheving og internasjonalisering av forskinga på desse områda. Ludvig Holbergs minnefond vart oppretta 1. juli 2003 med ein kapital på 200 mill. kroner. Avkastninga frå fondet blir ført på inntektskapittelet 3287 post 81. Løyvingane til Ludvig Holbergs forskingspris blir ført med same beløp på denne utgiftsposten.
Den første Holberg-prisen skal delast ut i 2004. Avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond skal gå til å dekkje prisbeløpet og til ulike arrangement i samband med prisutdelinga. Utdannings- og forskingsdepartementet vil i 2003 fastsetje statuttar for forvaltninga av minnefondet. Den årlege avkastninga frå fondet blir disponert av Universitetet i Bergen, som vil vere ansvarleg for å peike ut prisvinnaren og dele ut prisen.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga på posten svarar til halvårleg avkastning for 2003 av Ludvig Holbergs minnefond og vil vere på kr 4 562 000. Departementet foreslår i tillegg å løyve 4 mill. kroner over kap. 285 post 52 til å dekkje kostnadene i samband med utdelinga av prisen. Frå og med 2005 vil alle utgifter knytte til Holberg-prisen bli dekte av avkastninga frå Ludvig Holbergs minnefond.
Post 71 Tilskott til andre private institusjonar
Posten dekkjer tilskott til Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi (tidlegare Senter for høyere studier), Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim, vitskaplege fond, Egede Instituttet, Christian Michelsens Institutt og Vannakademiet.
Rapport for 2002
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo (DNVA) og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Akademi i Trondheim (DKNVS Akademi) har til oppgåve å fremme norsk vitskap, mellom anna ved å gi ut vitskapleg litteratur, forvalte vitskaplege fond og skape kontakt med utanlandske miljø og organisasjonar. Som året før hadde akademia i Oslo og Trondheim i 2002 stor aktivitet i form av konferansar og fagseminar. Akademiet i Oslo administrerte dessutan norsk medlemskap i 40 internasjonale organisasjonar. DNVA har prioritert å styrkje det internasjonale kontaktnettet.
Senter for grunnforsking ved Det Norske Videnskaps-Akademi er viktig for å heve kvaliteten i grunnforskinga. Senteret skal vere eit felles miljø for særs dyktige norske og utanlandske forskarar. Samarbeidsavtalane med universiteta vart fornya i 2001 for ein periode på fem år. Kontakten med forskarar utanfor Oslo er utvida. Til saman seks internasjonalt samansette grupper med forskarar frå 14 land var i arbeid ved senteret i 2002. Gruppene forska på ulike fagområde, mellom anna på buddhistiske manuskript, konstitusjonen som rettsleg form og estetikk og erkjenning. Større seminar med brei nasjonal og internasjonal deltaking har vore ein naturleg del av den faglege aktiviteten i gruppene.
Tilskottet til «Vitskaplege fond» gjeld administrasjon av Nansenfondet, Det vitenskapelige forskningsfond av 1919 samt Institutt for sammenlignende kulturforskning.
Egede Instituttet har til oppgåve å drive misjonsforsking og fremme misjonskunnskap. Instituttet gir ut «Norsk tidsskrift for misjon».
Tilskottet til Christian Michelsens Institutt (CMI) går til menneskerettsforskinga ved instituttet. I 2002 heil- eller delfinansierte departementet m.a. følgjande prosjekt: Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO og implementering av arbeidsstandardar, demokrati i Etiopia, norsk u-hjelpspolitikk i Tanzania og redigering av menneskerettsårboka.
Vannakademiet er ein stiftelse som vart oppretta i 1998. Formålet er m.a. forsking for å førebyggje nasjonale og internasjonale konfliktar om vatn. Midlane går til generell støtte til verksemda og til internasjonalt universitets- og forskingssamarbeid.
Budsjettforslag for 2004
Løyvinga til institusjonane på posten blir ført vidare på same nivå som i 2003.
Løyvingar til private vitskaplege institusjonar og tiltak
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Institusjon | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo | 1 813 | 2 284 | 2 366 |
Senter for grunnforskning | 10 618 | 13 132 | 13 605 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim | 160 | 166 | 172 |
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse | 183 | 190 | 197 |
Vitskaplege fond | 120 | 125 | 130 |
Egede Instituttet | 275 | 286 | 296 |
Christian Michelsens Institutt | 1 096 | 1 139 | 1 180 |
Vannakademiet | 1 060 | 1 101 | 1 140 |
Sum | 15 325 | 18 423 | 19 086 |
Post 72 Til disposisjon for departementet
Av denne løyvinga vart det i 2002 gitt tilskott til mellom anna eit svensk-norsk bokprosjekt i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 1905, lansering av Abel-prisen, eit nordisk forskarsymposium og samisk tekstbank. I tillegg gjekk løyvinga til husleige til Nordisk forskarutdanningsakademi (NORFA). Løyvinga på posten er foreslått ført vidare på same nivå som i 2003. I 2004 vil løyvinga i hovudsak bli brukt til å dekkje utgifter til det svensk-norske bokprosjektet og husleige til NORFA.
Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris
Om lag halvparten av avkastninga frå Niels Henrik Abels minnefond går til å dekkje ein internasjonal vitskapleg pris for framifrå matematisk forsking. Prisbeløpet er på 6 mill. kroner. Resten av avkastninga skal nyttast til ulike arrangement i samband med prisutdelinga samt til aktivitetar for å auke interessa for matematikk og realfag i samfunnet, særleg blant barn og unge. Den årlege avkastninga frå fondet blir disponert av Det Norske Videnskaps-Akademi.
Rapport for 2002-03
Utdannings- og forskingsdepartementet fastsette 11. april 2002 statuttar for forvaltninga av minnefondet. Hausten 2002 oppretta Det Norske Videnskaps-Akademi eit styre og ein fagleg komité for Abel-prisen. Den første Abel-prisen vart delt ut i Oslo 3. juni 2003. Prisen gjekk til den franske matematikaren prof.em. Jean Pierre Serre. I samband med prisutdelinga arrangerte Akademiet mellom anna matematikktivoli for skoleelevar og eit Abelsymposium med internasjonale gjesteforelesarar.
Budsjettforslag for 2004
Avkastninga frå Abel-fondet i 2003 til bruk i 2004 vil vere på 12,4 mill. kroner.
Post 90 Niels Henrik Abels minnefond
Niels Henrik Abels minnefond vart oppretta 1. januar 2002. Fondskapitalen er på 200 mill. kroner, og er plassert som kontolån til staten med rente tilsvarande renta på statsobligasjonar med 10 års bindingstid. Den årlege avkastninga frå fondet skal disponerast etter dei retningslinjene og statuttane som departementet har fastsett for Abel-prisen, sjå omtale under kap. 287 post 73.
Kap. 3287 Forskingsinstitutt og andre tiltak (jf. kap. 287)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Avkastning frå Niels Henrik Abels minnefond | 12 400 | 12 400 | |
81 | Avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond | 4 562 | ||
Sum kap. 3287 | 12 400 | 16 962 |
Kapittelet gjeld avkastning frå Ludvig Holbergs minnefond og Niels Henrik Abels minnefond, jf. kap. 287 postane 56 og 73.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 3288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 2 355 | ||
21 | Særskilde driftsutgifter | 2 314 | 4 042 | 3 616 |
72 | Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar | 125 556 | 129 198 | 145 188 |
73 | EUs rammeprogram for forsking , kan overførast | 570 000 | ||
75 | UNESCO | 18 179 | 18 833 | |
Sum kap. 288 | 130 225 | 151 419 | 737 637 |
I høve til budsjettet for 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 21 er foreslått nedjustert med kr 286 000 mot ei parallell nedjustering av kap. 3288 post 01 Inntekter frå oppdrag.
Post 01 er nedjustert med kr 286 000 i samband med at løyvinga til UNESCO sitt ASP-nettverk er flytt til kap. 200 post 01.
Post 73 er foreslått løyvd med 570 mill. kroner i samband med overføringa av ansvaret for EUs rammeprogram for forsking frå Nærings- og handelsdepartementet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Løyvinga til EUs rammeprogram er flytt frå kap. 924 post 71 på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Resultatrapport for 2002-03
Løyvinga har vorte nytta til ulike tiltak innanfor nordisk og internasjonalt utdanningssamarbeid. Midlane har mellom anna dekt tilskott til Foreningen Norden, kontingenten til Senter for utdanningsforskning (CERI) under OECD, norsk deltaking i den årlege teikne- og stilkonkurransen «Europa i skolen» og tilskott til Noregs hus i Paris. Løyvinga har òg vore nytta til tiltak i regi av UNESCO-kommisjonen, både nasjonalt og internasjonalt. Det er gitt tilskott til UNESCOs nettverk for skoleutvikling (ASPnet), til eksterne tiltak som har vore relevante for UNESCO-arbeidet, samt tilskott til frivillige kulturorganisasjonar. Internasjonalt er løyvinga mellom anna nytta til studiebesøk frå det UNESCO-tilknytte instituttet International Institute for Educational Planning (IIEP).
Resultatmål for 2004
Løyvinga vil som tidlegare bli nytta på utdanningsområdet innanfor nordisk og internasjonalt samarbeid. I tråd med strategien for norsk UNESCO-arbeid, skal løyvinga nyttast til tiltak innanfor utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Løyvinga vil også bli nytta i samband med oppfølginga av den norske UNESCO-strategien.
Budsjettforslag for 2004
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som i 2003.
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Løyvinga skal dekkje den norske kontingenten for deltaking i:
Organisation européenne pour la recherche nucléaire (CERN)
European Molecular Biology Laboratory (EMBL)
European Molecular Biology Conference (EMBC)
European Synchrotron Radiation Facility (ESRF)
International Agency for Research on Cancer (IARC)
CERN er ein av dei største installasjonane i verda for eksperimentelle studiar innanfor kjerne- og elementærpartikkelfysikk. EMBL driv avansert forsking innanfor molekylærbiologi og bioteknologi. EMBC gir, i samråd med EMBL, støtte til program for utveksling av forskarar innanfor molekylærbiologi. ESRF er eit laboratorium for forsking der ein nyttar synkrotronstråling innanfor ei rekkje disiplinar, med vekt på materialforsking. IARC driv kreftforsking knytt til Verdas helseorganisasjon (WHO).
Noreg dekkjer mellom 0,56 pst. og 2,16 pst. av budsjetta til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane, med unntak av IARC, der den norske kontingenten utgjer om lag 5 pst. av budsjettet.
Det er ei viktig oppgåve for Forskingsrådet å sørgje for best mogleg fagleg utbytte av medlemskapen i desse organisasjonane. Forskingsrådet gir midlar til norsk forsking i samband med medlemskapen, såkalla følgjeforsking. Desse midlane går inn i løyvingane til Forskingsrådet på kap. 285 post 52.
Målsetjing
Målet med satsinga er dels å ta del i avansert forsking som er så ressurskrevjande at det ikkje hadde vore mogleg utan internasjonalt samarbeid, og dels å kunne vere med i utviklinga av nye forskingsområde. Satsinga er eit sentralt verkemiddel for å styrkje kvaliteten på norsk forsking. Det skal satsast på auka utnytting og formidling av samarbeidet, mellom anna for at deltakinga kan medverke til verdiskaping i norsk nærings- og samfunnsliv. I samband med dette skal det satsast vidare på å rekruttere fleire nordmenn til dei internasjonale laboratoria. Samstundes blir det lagt vekt på å få norsk næringsliv til å konkurrere om å levere varer og tenester. Deltakinga i dei internasjonale organisasjonane skal sjåast i samanheng med den nasjonale satsinga på tilsvarande område.
Rapport for 2002-03
Arbeidet ved CERN har i dei siste åra vore prega av bygginga av den nye partikkelakseleratoren, Large Hadron Collider (LHC). Anlegget vil gjere det mogleg for vitskapen å bringe fram grunnleggjande ny kunnskap om dei grunnpartiklane og fundamentale kreftene som formar materien og universet. Etter ein periode i 2001-02 med problem av økonomisk og organisasjonsmessig art er situasjonen for LHC-prosjektet nå konsolidert ved den reviderte langtidsplanen som vart einstemmig vedteken av CERNs råd i desember i fjor. Det er klart at akseleratoren vil bli ferdigstilt i 2007, to år seinare enn etter den opphavlege planen frå 1996, og utan auke av bidraga frå dei 20 medlemslanda.
Den vitskaplege verksemda som følgjer av norsk medlemskap i CERN, blir finansiert gjennom Forskingsrådet. Dei CERN-relaterte prosjekta blir årleg evaluerte av eit internasjonalt panel. Ekspertpanelet som vurderte prosjekta har hittil konkludert med at kvaliteten på dei norske gruppene generelt er høg. Av dei prosjekta som er i gang, er to retta mot utvikling av utstyr som vil bli teke i bruk når akseleratoren LHC er ferdigstilt.
Dei totale midlane til følgjeforsking om CERN-relatert verksemd var på 13,1 mill. kroner i 2002. I løpet av året var sju doktorgradsstipendiatar knytte til programmet. 20 nordmenn arbeidde i den faste staben ved hovudkvarteret i Genève i 2002, ein liten auke frå 2001. I tillegg var to nordmenn engasjerte av CERN på forskar- og studentstipend, om lag halvparten av kva ein kunne forvente. Det samla talet på nordmenn ved CERN er framleis lågt dersom ein samanliknar med medlemskontingenten. Det vil truleg vere vanskeleg å auke talet på tilsette nordmenn fordi CERN er inne i ein prosess der talet på tilsette blir redusert. Mange norske forskarar (totalt om lag 50 personar) har reist til CERN for å ta del i forskingsprosjekt i løpet av året takka vere midlane til følgjeforsking. Forskingsrådet har vedteke at meir midlar skal setjast inn for å utnytte dei særskilde tilhøva CERN byr på med omsyn til eigne stipend for teknologistudentar.
Forskingsrådet har frå 2003 inngått et samarbeid med Noregs eksportråd for ein toårsperiode med sikte på å auke utbyttet for norsk industri av den teknologiutviklinga som foregår på CERN.
EMBL har fått styrkt budsjettet sitt for femårsperioden 2001-05 for mellom anna å kunne byggje ut infrastruktur og leggje opp vitskapleg sterke program som er sentrerte om funksjonell genomforsking ved dei fem forskingssentra under EMBL. EMBL arbeider også med teknologioverføring og kommersialisering av forskingsresultat gjennom oppstart av nye firma.
Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi har sommaren 2003 skrive kontrakt med EMBL om institusjonelt partnarskap. Partnarskapet vil gi Noreg ei unik tilknyting til den viktigaste europeiske organisasjonen innanfor molekylærbiologi. Sjå også kap. 261 Universitetet i Bergen.
EMBL har eit prestisjetungt Ph.D.-program. Noreg hadde i 2002 to stipendiatar ved dette programmet, og ein ny stipendiat vart teken opp i 2003.
Noreg er medlem av det europeiske anlegget for synkrotronstråling ESRF i Grenoble. Medlemskapen er organisert gjennom eit nordisk konsortium: NORDSYNC. ESRF var ferdig utbygd i 1999, og anlegget blir rekna for å vere det beste i sitt slag i verda. Norske forskarar er i tillegg med i eit sveitsisk-norsk samarbeid om ei eiga strålelinje (SNBL). Gjennom medlemskapen i NORDSYNC og SNBL-samarbeidet har norske forskarar god tilgang til å drive materialforsking og bioforsking som krev avansert røntgenstråling. I 2002 var om lag 30 norske forskarar ved ESRF og SNBL ein eller fleire gonger for å gjere eksperiment, og 19 internasjonale publikasjonar er registrerte i tilknyting til denne verksemda. Saman med dei andre nordiske partnarane i NORDSYNC har Noreg høg utnytting av ESRF-medlemskapen. Over fleire år har NORDSYNC brukt noko meir stråletid enn det kontingenten dekkjer. Frå 2002 betalar derfor NORDSYNC ei ekstra avgift frå år til år for ekstra bruk. I 2003 vil ESRFs straumtilførsel gå gjennom omfattande reparasjonar, noko som vil føre til noko lågare forbruk av stråletid.
Forskingsrådet har sidan 2000 avsett eigne midlar til ESRF-relaterte oppgåver. I 2002 utgjorde dette om lag 3 mill. kroner. Midlane går til følgjeforsking, rekruttering, reiseutlegg for norske forskarar til ESRF og SNBL, Forskingsrådet sin del i drifta av Norsk synkrotronforsking AS, og til norsk deltaking i dei styrande organa i ESRF.
Medlemskapen i IARC er viktig for arbeidet med å førebyggje kreftfare og er eit verkemiddel for å heve kompetansen på området. I fokus står forsking og informasjon om kreft, med vekt på studiar av det globale omfanget av kreft, årsaker til sjukdomen og korleis ein kan minske talet på sjuke (førebygging). Med tilknytinga til Verdas helseorganisasjon (WHO) har IARC tilgang til globale oversikter og kan gi bakgrunn og kunnskap for helsepolitiske avgjerder i landa. I Noreg er det i første rekkje Forskingsrådet, Kreftregisteret, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Radiumhospitalet som tek del i samarbeidet. Forskingsrådet tok i 2002 initiativ for å stimulere norske forskarar til å ta del i IARC-samarbeidet i større grad. Samarbeidet i IARC har medverka til at norske forskarar har vorte med i større EU-prosjekt. Norske forskingsmiljø har òg fått til samarbeid med det amerikanske kreftinstituttet NCI. Samtidig er det klart at mykje av samarbeidet som er nyttig for Noreg, foregår kontinuerleg, men utan at det nødvendigvis er norske forskarar knytte til IARC for meir enn korte periodar. Det er viktig for norske helsestyresmakter å ha tilgang til den informasjonen som IARC skaffar fram, og nytte denne i helsepolitiske avgjerder.
Budsjettforslag for 2004
Under er ei oversikt over budsjetterte kontingentar og faktiske utbetalingar for 2002-03.
Løyvingar til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Organisasjon | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
CERN | 107 014 | 109 904 | 124 894 |
EMBL | 6 698 | 6 843 | 7 996 |
EMBC | 1 185 | 1 211 | 1 885 |
ESRF | 3 162 | 3 250 | 3 542 |
IARC | 7 526 | 7 990 | 6 871 |
Sum | 125 585 | 129 198 | 145 188 |
Den samla kontingenten til dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane er berekna på grunnlag av valutakursar per 15. august 2003.
Post 73 EUs rammeprogram for forsking, kan overførast
EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar er det mest omfattande internasjonale forskingsprogrammet Noreg tek del i. Nærings- og handelsdepartementet har frå 1. juli 2000 hatt det koordinerande ansvaret for norsk deltaking i rammeprogrammet. Frå 1. januar 2004 blir dette ansvaret ført frå Nærings- og handelsdepartementet tilbake til Utdannings- og forskingsdepartementet, som hadde koordineringsansvaret frå 1980-åra.
Målsetjing
Formålet med norsk deltaking i rammeprogramma er å sikre samarbeid og nettverk mellom norske forskingsmiljø og verksemder og sterke forskingsmiljø i Europa, og såleis fremme internasjonalisering og kvalitet i norsk forsking og medverke til kunnskapsbasert innovasjon i nærings- og samfunnsliv. Deltakinga i rammeprogrammet vil òg medverke til å profilere norsk forsking internasjonalt.
Rammeprogrammet er eit viktig verkemiddel for å realisere ambisjonen om eit europeisk forskingsområde (ERA). Rammeprogrammet utgjer om lag 5 pst. av dei offentlege investeringane i forsking i EU-området. Etableringa av ERA skal òg medverke til auka koordinering og samarbeid om dei resterande forskingsinvesteringane. Gjennom til dømes tiltak for auka forskarmobilitet og etablering av nettverk av senter for framifrå forsking er målet å auke kvaliteten i forskinga. EU har som ambisjon at Europa skal bli den mest konkurransedyktige og kunnskapsbaserte regionen i verda innan 2010. Forskings- og innovasjonspolitikk er viktige verkemiddel for å få dette til. EUs mål er å auke investeringane i forsking i Europa opp mot 3 pst. av BNP i løpet av ti år. To tredelar av desse investeringane skal næringslivet stå for. Sjå St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Nærings- og handelsdepartementet for rapport for 2002-03 og for nærmare omtale av rammeprogrammet.
Budsjettforslag for 2004
Totalbudsjettet for det sjette rammeprogrammet er 16 270 mill. euro. Den totale norske kontingenten er berekna til om lag 2,6 mrd. kroner. Det er fleire usikre faktorar knytte til utrekninga av den norske kontigenten, til dømes svingingar i eurokurs og endringar i den norske delen av kontingenten på grunn av utviklinga av bruttonasjonalproduktet. Kvart rammeprogram dekkjer om lag fire år, medan prosjekta strekkjer seg over ein lengre periode. Dei norske utbetalingane i 2004 vil derfor omfatte utbetalingar som står att for både det fjerde, det femte og det sjette rammeprogrammet. Dei norske kostnadene vil i 2004 utgjere om lag 570 mill. kroner.
Post 75 UNESCO
Målsetjing
UNESCO - særorganisasjonen i FN for utdanning, vitskap og kultur - er eit samarbeidsorgan for regjeringane i medlemslanda og ein møtestad for fagfolk innanfor dei ulike samarbeidsområda. Hovudoppgåva for UNESCO er å medverke til fred og utvikling ved å fremme internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen. Den norske UNESCO-kommisjonen er rådgivande organ for Regjeringa i UNESCO-saker og bindeledd mellom UNESCO og norske institusjonar og organisasjonar. Verksemda til Den norske UNESCO-kommisjonen er basert på programmet til UNESCO sentralt. Løyvinga skal sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten til UNESCO for 2004. Løyvinga går òg til tilskott til World Heritage Fund, som er eit eige fond under UNESCO.
Rapport for 2003
Løyvinga har vorte nytta til å sikre norsk deltaking i UNESCO gjennom å dekkje den norske medlemskontingenten til UNESCO. Noreg er medlem i vitskapskomiteane MAB (Man and the Biosphere) og MOST (Management of Social Transformations) for perioden 2001-05. Løyvinga har òg gått til tilskott til World Heritage Fund.
Budsjettforslag for 2004
Departementet foreslår å føre løyvinga vidare på same nivå som 2003.
Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak (jf. kap. 288)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Inntekter frå oppdrag | 541 | 276 | |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 4 589 | 4 754 | |
18 | Refusjon av sjukepangar | 164 | ||
Sum kap. 3288 | 705 | 4 865 | 4 754 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er forslått nedjustert med kr 286 000 mot ei parallell nedjustering av kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak post 21 Særskilde driftsutgifter.
Post 01 gjeld inntekter frå oppdrag i UNESCO-kommisjonen. Post 04 gjeld refusjon av ODA-godkjende utgifter, dvs. utgifter som kan godkjennast som utviklingshjelp etter retningslinjene til OECD.
Programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering
Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03-04 |
2410 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310) | 18 059 587 | 19 653 075 | 22 055 336 | 12,2 |
Sum kategori 07.80 | 18 059 587 | 19 653 075 | 22 055 336 | 12,2 |
Budsjettforslaget for kategori 07.80 utgjer om lag 22 mrd. kroner. Det er ein auke på om lag 2,4 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2003.
Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03-04 |
5310 | Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 6 160 893 | 6 713 856 | 7 875 869 | 17,3 |
5617 | Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410) | 5 175 058 | 6 033 000 | 3 847 700 | -36,2 |
Sum kategori 07.80 | 11 335 951 | 12 746 856 | 11 723 569 | -8,0 |
Budsjettforslaget for kategori 07.80 utgjer 11,7 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 1 mrd. kroner i høve til saldert budsjett 2003.
Mål: Gode støtteordningar tilpassa ulike elev- og studentgrupper
Utdanningsfinansieringa skal medverke til at alle skal ha like høve til å ta utdanning uavhengig av sosiale eller økonomiske tilhøve, alder, kjønn eller bustad.
Noreg har ei god utdanningsfinansiering samanlikna med andre europeiske land. Undersøkingar viser likevel at det framleis er skeiv rekruttering til høgre utdanning. Ungdom som har foreldre med høgre utdanning, vel oftare høgre utdanning sjølve. Ei god utdanningsfinansiering medverker til å rette opp den skeive rekrutteringa til høgre utdanning samstundes som dette verkemiddelet åleine ikkje kan rette opp alle skilnader.
Statens lånekasse for utdanning administrerer dei stipend- og låneordningane som er oppretta med heimel i lov om utdanningsstøtte til elevar og studentar. Lånekassen har i alt om lag 700 000 kundar, av desse er om lag 465 000 tilbakebetalarar. I undervisningsåret 2002-03 var talet på elevar og studentar i utdanning med støtterett i Lånekassen 391 000. Av desse fekk 242 774 støtte frå Lånekassen. Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var i undervisningsåret 2002-03 på 14 984,8 mill. kroner. Av dette vart 5 662,2 mill. kroner betalte ut som stipend og 9 322,5 mill. kroner som lån.
I dei siste åra er finansieringsordningane for dei største elev- og studentgruppene gjennomgåtte, og fleire reformer har vorte sette i gang. Ny støtteordning for elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, vart innført skoleåret 2002-03. Innhaldet i denne støtteordninga er mellom anna at kostnadsnorma vart auka til kr 8 000 i månaden. Stipenddelen vart også auka til 40 pst., kor 15 pst. blir omgjord frå lån til utdanningsstipend etter fullført og/eller bestått utdanning.
Frå undervisningsåret 2003-04 er det òg innført ei ny støtteordning for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, jf. behandlinga av Innst. S. nr. 242 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 21 (2002-2003) Kilder til kunnskap. Forslaget i stortingsmeldinga var ei rein stipendordning. Etter Stortinget si handsaming av meldinga er lånetilgangen halden oppe. Stipendordninga er målretta mot elevar frå familiar med svak økonomi, slik at denne gruppa vil få ein auke i stipendbeløp i høve til siste skoleår. I den nye stipendordninga er det fire komponentar: behovsprøvd grunnstipend og behovsprøvd læremiddelstipend, og ikkje-behovsprøvd bustipend og reisestipend, som ein kan få dersom ein må bu for seg sjølv medan ein går på skolen.
Den nye låneordninga er innretta slik at ingen elevar vil få mindre utbetalt i undervisningsåret 2003-04 i høve til i undervisningsåret 2002-03, gitt elles like vilkår. Nokre elevar med svak foreldreøkonomi vil kunne få noko meir lån enn dei fekk i fjor. Lånesatsane blir fastsette ut frå frådraget som er berekna i stipendtildelinga for forsørgjarinntekt og talet på sysken under 19 år. Satsane er vidare fastsette slik at når høgste lånesats kjem i tillegg til høgste stipendsats, vil samla støtte bli på same nivå som i undervisningsåret 2002-03. Høgste lånesats for heimebuarar blir derfor kr 2 400 per månad, og høgste sats for bortebuarar blir kr 1 200 per månad. Lånet vil bli indirekte behovsprøvd etter foreldreøkonomien, men i ordninga som kjem i stand for undervisningsåret 2003-04, vil lånet ikkje bli behovsprøvd etter søkjarens eigen økonomi. Det har vore komplisert og tidkrevjande å finne fram til ei låneordning som passar inn i det nye støttesystemet. Dette medfører at utbetaling av lån vil skje litt seinare enn utbetaling av stipend, men i løpet av undervisningsåret 2003-04. På sikt vil departementet arbeide for å få låne- og stipendordningane betre integrerte slik at lån og stipend blir behovsprøvde etter same vilkår.
Ny lov om fagskoleutdanning trådte i kraft i juni 2003, jf. kategori 07.50. Fagskoleutdanning i Noreg stiller på lik linje med høgre utdanning når det gjeld finansiering gjennom Lånekassen.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at heile utdanningsstipendet blir gjort om til konverteringsstipend frå undervisningsåret 2004-05, og at støttebeløpa blir ført vidare på nominelt nivå, sjå omtale under kap. 2410 post 50 og 70.
Deltaking i internasjonal kunnskapsutveksling betrar kvaliteten på norsk utdanning. Gjennom studiar i utlandet kan studentane utvide forståinga si av språk, kulturar og globale spørsmål. Norske studentar som har studert i utlandet, kan også tilføre internasjonal kompetanse til norske utdanningsinstitusjonar. I perioden frå 1980-81 til 1999-2000 har det vore ei tredobling av talet på studentar som har søkt støtte frå Lånekassen til høgre utdanning i utlandet. I undervisningsåret 2002-03 var det 16 004 studentar og elevar som tok heile utdanninga i utlandet med støtte frå Lånekassen. I tillegg tok 6 252 studentar og elevar delar av utdanninga i utlandet som del av eit studieløp i Noreg.
Som følgje av auken i talet på studentar som tek utdanning utanlands, har utgiftene til gebyr- og tilleggsstipend til dekning av skolepengar i utlandet auka sterkt. Som varsla i St.prp. nr. 1 (2002-2003) har departementet våren 2003 hatt ein gjennomgang av finansieringsordningane for elevar og studentar i utlandet, med hovudfokus på internasjonalisering, målretting og kvalitet. Gjennomgangen har mellom anna teke opp i seg internasjonaliseringsaspekta i Kvalitetsreforma, jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001) og St.meld. nr. 27 (2000-2001). Departementet har hatt ein open prosess, og har mellom anna drøfta ulike problemstillingar med ei kontaktgruppe samansett av Rådgivende utvalg for gebyr- og tilleggsstipend og andre involverte partar. Rapporten «Utdanning i utlandet - mål og virkemidler» vart gjord offentleg i juni 2003. Rapporten omfattar ordningane for både høgre utdanning og vidaregåande opplæring.
Som følgje av denne gjennomgangen vil Regjeringa foreslå ein del endringar i dagens finansieringsordningar for utdanning i utlandet, og særleg når det gjeld finansiering av skolepengar for studentar som tek høgre utdanning i utlandet. Dagens ordning med gebyrstipend gir studentane inntil kr 52 320 i stipend per studieår til dekning av skolepengar for eit visst utval studiar. Ordninga har fleire svake sider, ho er mellom anna lite treffsikker når det gjeld å støtte opp under måla for internasjonalisering i høgre utdanning, til dømes når det gjeld geografisk spreiing og språk. Ordninga kan òg seiast å ha eit tilfeldig utval av kva for utdanningar som er godkjende for støtte til skolepengar.
Regjeringa foreslår ein ny modell for finansiering av skolepengar i utlandet. Den nye modellen inneber å fjerne dei faglege avgrensingane med omsyn til kva for utdanningar som gir rett til finansiering av skolepengar. Studentane skal i den nye ordninga få støtte til finansiering av skolepengar i utlandet, uavhengig av fagretning, jf. figur 6.4. Samstundes foreslår Regjeringa at gebyrstipendet blir gjort om til skolepengestøtte, der finansieringa til skolepengar blir gitt dels som stipend og dels som lån. Av omsyn til eit ønskje om å motivere fleire til å ta utdanning på høgre gradsnivå og studieopphald i utlandet som del av ei utdanning studenten er i gang med i Noreg, foreslår Regjeringa at desse studentane får høgre stipenddel enn studentar som tek lågare gradsutdanning i utlandet. Høgre gradsutdanning og delstudiar skal bli finansiert med 70 pst. stipend og 30 pst. lån innanfor dagens sats for gebyrstipend, medan lågare gradsutdanning skal bli finansiert med 50 pst. stipend og 50 pst. lån, jf. figur 6.4.
Regjeringa foreslår i tillegg til dette at studentar i utlandet skal ha auka høve til å ta opp lån til dekning av skolepengar i utlandet. Dagens sats for gebyrstipend, som no skal bli gitt som skolepengestøtte, er for mange studentar ikkje tilstrekkeleg til å finansiere skolepengane fullt ut, og mange må ta opp private lån for å dekkje utgiftene. Nokre må også takke nei til studieplassar fordi dei ikkje har tilstrekkeleg finansieringsgrunnlag. Regjeringa foreslår at studentar i utlandet i tillegg til skolepengestøtta på kr 52 320 skal ha høve til å låne inntil kr 50 000 per studieår til dekning av skolepengar. Til saman vil studentane kunne få inntil kr 102 320 i støtte til dekning av skolepengar i utlandet, jf. figur 6.4. Dette vil gi finansieringsordningane ein betre sosial profil, ved at studentar i mindre grad blir avhengige av finansiering frå foreldre eller private lån. Samstundes vil studentane sitt frie val av utdanning bli styrkt.
Regjeringa ønskjer å styrkje moglegheitene til å ta Ph.D.-utdanning i utlandet. I dag får Ph.D.-studentane berre unntaksvis finansiert skolepengar gjennom Lånekassen. Regjeringa foreslår at desse studentane skal få høve til å ta opp lån til dekning av skolepengar. Maksimalt lånebeløp blir sett likt maksimal støtte til dekning av skolepengar for andre studentar, det vil seie kr 102 320 per studieår, jf. figur 6.4.
Figur 6.4 illustrerer ny og gammal finansieringsordning for studieår i utlandet.
Tal for norske studentar i utlandet som tek imot støtte gjennom Statens lånekasse for utdanning
1995-96 | 1996-97 | 1997-98 | 1998-99 | 1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 | 2002-03 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Europa | 7 042 | 8 513 | 8 704 | 10 012 | 10 218 | 9 574 | 9 353 | 9 465 |
USA/Canada | 2 099 | 2 137 | 2 209 | 2 120 | 1 972 | 1 848 | 1 669 | 1 453 |
Oseania1 | 1 062 | 2 055 | 3 168 | 3 854 | 4 116 | |||
Andre land | 168 | 396 | 717 | 1592 | 1903 | 1554 | 1626 | 1728 |
Sum | 9 309 | 11 046 | 11 630 | 13 353 | 14 435 | 14 7455 | 15 0387 | 15 2069 |
1 Frå 1998-99 er Oseania skilt ut i eiga rad.
2 Av desse er det 41 studentar i Sør-Amerika, 71 i Asia og 47 i Afrika.
3 Av desse er det 53 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 87 i Asia og 50 i Afrika.
4 Av desse er det 58 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 60 i Asia og 37 i Afrika.
5 I tillegg tek 4 673 studentar imot støtte til delstudium.
6 Av desse er det 63 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 57 i Asia og 42 i Afrika.
7 I tillegg tek 4 700 studentar imot støtte til delstudium.
8 Av desse er det 63 studentar i Sør- og Mellom-Amerika, 65 i Asia og 46 i Afrika.
9 I tillegg tek 5 425 studentar imot støtte til delstudium.
Kilde: Statens lånekasse for utdanning
Ordninga med støtte og ettergiving for statsborgarar frå land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland, den såkalla kvoteordninga, gir studentar frå utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa høve til å studere i Noreg med støtte frå Lånekassen. Studentane får støtte etter same vilkår som norske studentar, men kvotestudentane får lånet sletta dersom dei reiser til heimlandet for å busette seg der etter fullført utdanning. Målsetjinga med ordninga er å kunne tilføre studentar relevant kompetanse som kan komme heimlandet til gode når studentane reiser heim etter fullført utdanning. Ordninga er òg viktig for internasjonalisering av norsk høgre utdanning.
Det er 1 100 kvoteplassar per studieår. Av desse er 700 for studentar frå utviklingsland og 400 for studentar frå Sentral- og Aust-Europa. Åtte av dei ti søkjarlanda til EU er i dag omfatta av kvoteordninga: Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn. Det vil etter Regjeringa sitt syn vere unaturleg å vidareføre ei bistandsordning for statsborgarar frå EU-land. Arbeidstakarar frå EU og familiemedlemmane deira, som er busette i Noreg, vil ha rett til støtte frå Lånekassen gjennom EØS-avtalen.
Regjeringa foreslår at dei nye medlemslanda til EU blir tekne ut av kvoteordninga med verknad frå haustsemesteret 2004. Kvotestudentar frå desse landa som allereie er i gong med utdanning i Noreg, skal få høve til å gjennomføre studieløpet sitt på same vilkår som ved byrjinga av studiet. Regjeringa foreslår at dei kvoteplassane som blir frigjorde ved ei slik endring, blir gjorde om til delvis å gjelde studentar frå utviklingsland, og delvis å gjelde studentar frå dei landa i Sentral- og Aust-Europa som framleis er omfatta av ordninga, det vil seie landa som ikkje går inn i EU. Ei delvis omfordeling av plassar frå Sentral- og Aust-Europa til studentar frå utviklingsland vil støtte opp under departementet sitt arbeid med å utvide utdanningssamarbeidet med desse landa.
Mål: Fleksibelt og forenkla regelverk og auka service i Lånekassen
Lånekassen administrerer tildelinga av utdanningslån og fleire stipend, samt ulike ordningar for tilbakebetaling av studielån. Eit omfattande regelverk gjer det vanskeleg for kundar og nye søkjarar å få oversyn over rettar og plikter. Ved innføring av nye ordningar legg departementet vekt på forenkling og brukarretting.
Lånekassen satsar på å betre tenestetilbodet i tråd med forventningane til brukarane. Lånekassen lanserte nye vevsider våren 2003, der det mellom anna er mogeleg å undersøke kva for studiestader i utlandet som er godkjente for støtte i Lånekassen.
I samband med tildeling av støtte for undervisningsåret 2003-04 har Lånekassen sett i gang eit prøveprosjekt med elektronisk signatur på gjeldsbrev. Dette er eitt av elementa i eit fleksibelt, framtidsretta system.
Dagens IKT-system i Lånekassen byggjer på teknologi frå 1980-åra. Utan ei modernisering av desse systema kan Lånekassen innan kort tid stå overfor store driftsproblem. Dette kan svekkje tilgjenge til og kvalitet på dei tenestene som blir tilbydde kundane.
Med bakgrunn i rapportane frå Solberg-utvalet og ei arbeidsgruppe i departementet har det med bakgrunn i mellom anna behovet for modernisering av IKT-systema, vorte skissert ulike moderniseringsstrategiar for Lånekassen. Målet med moderniseringa er at kundane skal få større grad av fleksibilitet i søknads- og mottaksprosessen, og rask og økonomisk effektiv handsaming av søknader. Det blir lagt vekt på løysingar som tilfredsstiller strenge krav til tryggleik og sikrar like utfall av like søknader. Arbeidsgruppa har utvikla vidare og konkretisert strategiane «Lånekassealternativet» og «Bankalternativet», som Solberg-utvalet trakk opp. I rapporten frå arbeidsgruppa blir tre alternativ omtalte - ei vidareføring av «Bankalternativet» og to «Lånekassealternativ». Regjeringa tilrår ikkje vidareføring av «Bankalternativet», men meiner at begge modellane med utspring i «Lånekassealternativet» er interessante. Ytterlegare konkretisering av lånekassealternativa, gjennomføringsplan for moderniseringa og utgreiing om organiseringa av Lånekassen vil bli lagde fram i ei stortingsmelding hausten 2003.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 269 555 | 273 570 | 275 844 |
50 | Avsetning til utdanningsstipend , overslagsløyving | 353 000 | 1 482 200 | 2 741 300 |
70 | Utdanningsstipend , overslagsløyving | 4 581 678 | 4 366 500 | 3 555 600 |
71 | Andre stipend , overslagsløyving | 859 815 | 822 100 | 741 300 |
72 | Rentestønad , overslagsløyving | 1 493 715 | 1 861 000 | 1 091 700 |
73 | Avskrivingar , overslagsløyving | 443 808 | 466 000 | 460 000 |
74 | Tap på utlån | 463 404 | 456 000 | 434 000 |
75 | Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet | 4 423 | 4 705 | 5 392 |
90 | Lån til Statens lånekasse for utdanning , overslagsløyving | 9 590 189 | 9 921 000 | 12 750 200 |
Sum kap. 2410 | 18 059 587 | 19 653 075 | 22 055 336 |
I høve til 2003 er det gjort følgjande tekniske endringar:
Post 01 er oppjustert med 0,7 mill. kroner som følgje av omlegging av ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift og nedjustert med 0,6 mill. kroner i samband med avviklinga av el-avgifta for all produksjonsverksemd. Sjå omtale i Ot.prp. nr. 1 (2003-2004) Skatte- og avgiftsopplegget 2004.
Resultatrapport for undervisningsåret 2002-03
Hovudtal for støttetildelinga i dei fire siste undervisningsåra
Frå støttetildelinga | 1999-2000 | 2000-01 | 2001-02 | 2002-031 |
---|---|---|---|---|
Tal på elevar/studentar i utdanning med rett til å søkje støtte | 389 200 | 391 200 | 388 000 | 391 000 |
Tal på stipendmottakarar | 208 853 | 209 560 | 205 481 | 232 352 |
Tal på støttemottakarar | 228 065 | 227 344 | 222 997 | 242 774 |
Tal på stipendsøkjarar | 253 639 | 251 617 | 246 847 | 264 370 |
Tal på lånesøkjarar | 168 834 | 169 106 | 165 392 | 173 888 |
Gjennomsnittsstipend (kroner) | 22 942 | 23 769 | 24 623 | 24 369 |
Totalt utbetalt stipend og lån (mill. kroner) | 11 450 | 11 823 | 11 974 | 14 985 |
Tal på låntakarar | 162 011 | 161 891 | 157 754 | 188 485 |
Sum stipend (mill. kroner) | 4 781 | 4 981 | 5 060 | 5 662 |
Sum lån (mill. kroner) | 6 668 | 6 842 | 6 914 | 9 323 |
Gjennomsnittslån | 41 160 | 42 262 | 43 829 | 49 460 |
1 Auken i lånesøkjarar, låntakarar, sum lån og gjennomsnittslån skuldast konverteringsordninga som vart innført frå 2002-03.
Hovudtal for tilbakebetaling av lån
Frå tilbakebetaling | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|
Talet på tilbakebetalande låntakarar | 439 000 | 443 500 | 455 400 | 468 968 | 464 951 |
Renteberande lån (i mill. kroner) | 42 365 | 44 460 | 47 229 | 50 064 | 51 193 |
Renter (i mill. kroner) | 2 300 | 2 765 | 2 778 | 3 035 | 3 298 |
Avdrag (i mill. kroner) | 3 096 | 3 666 | 3 348 | 3 559 | 4 124 |
Ettergitt/avskrive (i mill. kroner) | 377 | 402 | 439 | 434 | 444 |
Frå driftsrekneskapen (i mill. kroner) | |||||
Administrasjonsutgifter | 183 | 216 | 233 | 243 | 263 |
Rentestønad | 1 999 | 1 331 | 1 260 | 1 444 | 1 494 |
Uteståande lån | 57 957 | 60 462 | 63 336 | 66 050 | 69 427 |
Uteståande renter | 2 585 | 2 975 | 2 926 | 3 009 | 3 187 |
Fordeling av ulike stipendformer i undervisningsåret 2002-03 samanlikna med 2001-02
Tal på stipend | Stipend (i mill. kr) | |||
---|---|---|---|---|
Stipendform | 2001-02 | 2002-03 | 2001-02 | 2002-03 |
Utdanningsstipend | 199 557 | 230 189 | 3 972 | 4 386 |
Reisestipend, innland og Norden | 67 520 | 59 916 | 188 | 140 |
Gebyrstipend | 11 891 | 11 871 | 503 | 505 |
Tilleggsstipend | 670 | 735 | 23 | 25 |
Reisestipend utanfor Norden | 18 122 | 18 730 | 118 | 121 |
Flyktningstipend | 492 | 669 | 25 | 37 |
Kunstfagstipend | 1 324 | - | 35 | -1 |
Fødselsstipend | 2 950 | 2 999 | 136 | 165 |
Tiltaksstipend | 2 512 | - | 15 | -2 |
Reisestipend, kvoteprogram | 789 | 833 | 4 | 4 |
Reisestipend i Noreg til utanlandsstudentar | 12 594 | 10 418 | 18 | 14 |
Omgjering av lån til stipend ved sjukdom | 1 059 | 1 243 | 13 | 20 |
Andre stipend | 3 | - | - | - |
Språkstipend | 564 | 624 | 8 | 9 |
Forsørgarstipend | - | 15 481 | - | 2353 |
Totalt | 320 047 | 353 708 | 5 058 | 5 662 |
1-2 Avvikla frå 2002-03
3 Innført frå 2002-03
Budsjettforslag for 2004
Budsjettforslaget gjeld for budsjettåret 2004, men Lånekassen må gi tilsegn om utdanningsstøtte for undervisningsåret 2004-05. Det er såleis ein føresetnad at Stortinget ved handsaminga av budsjettet for 2004 tek stilling til heile undervisningsåret 2004-05, og at Lånekassen kan gi tilsegn om slik støtte, jf. forslag til vedtak III nr. 2. Dei enkelte budsjettforslaga er gitt nærmare omtale under.
Post 01 Driftsutgifter
I 2002-03 har Lånekassen, i tillegg til arbeidet med innføring av nye støtteordningar, arbeidd med å betre elektroniske tenester, mellom anna etablering av nettsøknad og fornya vevsider.
Lånekassen skal sørgje for å administrere tildeling og tilbakebetaling av utdanningslån og stipend på ein effektiv måte. Lånekassen skal vidare arbeide for kortare saksbehandlingstid og for å auke servicenivået på dei kunderetta tenestene.
Lånekassen skal sørgje for å gi kundane god informasjon om eksisterande støtteordningar og endringar i desse. Det er særleg viktig å gi kundane informasjon om nye støtteordningar eller endringar i eksisterande ordningar så tidleg som mogleg etter at endringane er vedteke. I samband med omlegginga av finansieringsordningane for utdanning i utlandet, jf. kategoriomtalen, skal Lånekassen sørgje for å innføre dei nye finansieringsordningane trygt og effektivt.
Utdannings- og forskingsdepartementet har gjennomført eit prosjekt som skal gi Regjeringa grunnlag for å velje strategi for modernisering av Lånekassen, jf. kategoriomtalen. Regjeringa vil komme tilbake til saka i ei stortingsmelding hausten 2003. Målsetjinga med arbeidet er å realisere høgre kvalitet på dei tenestene som blir tilbydde kundane i Lånekassen. Lånekassen må sørgje for at den moderniseringsstrategien som vert vedteken, kan gjennomførast på ein forsvarleg måte. Moderniseringa vil skje gradvis over fleire år.
På bakgrunn av endringane i støtteordningane i dei seinare åra, moderniseringsarbeidet og forenklingsomsyn vil Utdannings- og forskingsdepartementet setje i verk ein gjennomgang av utdanningsstøttelova med tilhørande forskrifter. Lånekassen skal ta del i dette arbeidet.
Ein legg opp til at nokre av midlane på posten skal disponerast av departementet, og mellom anna nyttast til arbeid i samband med oppfølging av moderniseringsprosjektet for Lånekassen. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5310 post 03, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Posten vart oppretta i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 2002, jf. Innst. S. nr. 225 (2001-2002) og St.prp. nr. 63 (2001-2002). Utdanningsstipendet for elevar og studentar i høgre utdanning vart auka til 40 pst. av kostnadsnorma på kr 8 000 per månad frå november 2002. 15 prosentpoeng av stipenddelen blir betalt ut som lån og gjort om til utdanningsstipend når utdanninga er gjennomført (konverteringsordninga), jf. vedtak III nr. 3.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at heile utdanningsstipendet på 40 pst. blir omgjort til konverteringsstipend frå studieåret 2004-05. På denne bakgrunn aukast posten med om lag 1,2 mrd i 2004. Endringa er anslått å gi ei innsparing på om lag 133 mill. kroner i 2004, jf. omtale under post 70.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til utdanningsstipend til elevar i ordinær vidaregåande skole. I den nye støtteordninga for elevar i ordinær vidaregåande utdanning er maksimalt stipend kr 5 530 per månad for bortebuarar og kr 2 080 i månaden for heimebuarar. Elevar frå familiar med inntekt under kr 143 000 vil få maksimalt stipend. Det kan bli gitt behovsprøvd stipend til elevar frå familiar med inntekt på inntil kr 289 000. Desse tala gjeld familiar med eitt barn, ved fleire barn går inntektsgrensene opp. Elevane kan tene kr 5 695 gjennomsnittleg brutto per månad i løpet av skoleåret utan at stipendet blir redusert. For bortebuarar er kr 3 450 av stipendet eit ikkje-behovsprøvd bustipend.
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at kostnadsnorma for dei ulike støtteordningane i Lånekassen blir ført vidare på nominelt nivå i undervisningsåret 2004-05. Posten reduserast med om lag 1,3 mrd. kroner i 2004 som følgje av forslaget om å gjere heile utdanningsstipendet på 40 pst. avhengig av gjennomført utdanning, jf. omtale under post 50.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld tilskott til reiser (reisestipend), skolepengar i land utanfor Norden (skolepengestøtte) og førebuande språkkurs i utlandet.
Reisestipend
I undervisningsåret 2004-05 blir reisestøtta til elevar og studentar som studerer i land utanom Norden, gitt som 30 pst. lån og 70 pst. stipend for to tur-retur-reiser mellom Noreg og lærestaden.
I undervisningsåret 2004-05 blir det gitt tilskott til tre tur-retur-reiser mellom foreldreheimen i Noreg og lærestaden for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring i Noreg eller i Norden, utover ein eigendel på kr 970. For elevar og studentar, med unntak av unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring, blir det gitt tilskott til tre tur-retur-reiser mellom foreldreheimen i Noreg og lærestaden, utover ein eigendel på kr 1 120. Stipendet gjeld innlandsreiser, reiser i Norden og innlandsreiser for studentar i utlandet.
Løyvinga på posten dekkjer også stipenddelen av utgiftene til ei årleg heimreise, samt til reise ved starten og slutten av studiet for studentar som kjem inn under kvoteordninga for utdanningsstøtte til studentar frå Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland, jf. kategoriomtale.
Skolepengestøtte og tilleggsstipend
Regjeringa foreslår at den noverande gebyrstipendordninga blir avvikla og erstatta av ei ny ordning der det mellom anna blir gitt stipend og lån til skolepengestøtte opp til eit fastsett beløp, sjå kategoriomtale. Den nye finansieringsordninga skal gjelde frå undervisningsåret 2004-05 og støttar opp under viktige målsetjingar, samstundes som ordninga vil gi reduserte utgifter på 50 mill. kroner i 2004. Tilleggsstipendordninga blir vidareført med visse endringar, jf. kategoriomtale.
Stipend til førebuande språkkurs
Stipend til førebuande språkkurs blir vidareført.
Post 72 Rentestønad, overslagsløyving
Løyvinga på posten viser kostnaden av at studielåna er rentefrie i studietida, og at regelverket gir høve til rentefritak på særskilde vilkår i samband med tilbakebetalinga. Rentestønaden er såleis eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av den norske studiestøtteordninga.
Løyvinga på posten blir justert i samband med endringar i rentesatsar.
Regjeringa foreslår å vidareføre rentemarginen på eitt prosentpoeng.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer utgifter i samband med ulike ordningar med avskriving av utdanningslån i Lånekassen, jf. kap. 5310 post 91.
Utdanningslån er personleg gjeld. Etter lov om utdanningsstøtte blir gjelda ettergitt når låntakaren døyr. Lånet kan også bli ettergitt heilt eller delvis når låntakaren er vorten ufør med uføregrad på minst 50 pst., eller langvarig sjuk. I 2002 vart det ettergitt om lag 114 mill. kroner i samband med uførleik, langvarig sjukdom og død. Dette er ein nedgang på om lag 12 mill. kroner samanlikna med 2001. Vidare kan heile gjelda bli ettergitt på visse vilkår for låntakarar frå utviklingsland og Sentral- og Aust-Europa som har hatt støtte frå Lånekassen som deltakarar i kvoteordninga, og som seinare har busett seg varig i heimlanda sine, jf. kategoriomtale.
Løyvinga på posten skal også dekkje utgifter i samband med ordninga med ettergiving av delar av utdanningslånet for låntakarar som er busette i, og som utøver eit yrke i, Finnmark eller i ein av dei sju verkemiddelkommunane i Nord-Troms. Låntakarar som er yrkesaktive legar i utvalde kommunar utanfor Finnmark eller Nord-Troms, blir også omfatta av ordninga med ettergiving av utdanningslån.
Ordninga med ettergiving av delar av studielånet for studentar som har avslutta utdanninga og avlagt eksamen i einskilde lange studium, er opphørt frå 1. august 2003. Avviklinga gjeld ikkje studentar som var i gang med langvarige studium på høgare grads nivå i studieåret 2002-03. Departementet har fastsett ei overgangsordning slik at desse kan få ettergitt lån etter avslutta eksamen om dei avsluttar seinast innan våren 2007. Avviklinga vil først ha budsjettverknad frå 2005. Departementet foreslår at dagens satsar for ettergiving ved lange utdanningar blir førte vidare i 2004.
Post 74 Tap på utlån
Ved utgangen av 2002 var 44 500 kundar i Lånekassen under inkassobehandling, mot 45 100 året før. Låntakarar under inkassobehandling hadde ei uteståande gjeld på 4,6 mrd. kroner ved utgangen av 2002.
Post 75 Særskilde tilretteleggingstiltak for utdanning i utlandet
Løyvinga blir nytta til informasjonstiltak retta mot nye studentar i utlandet, mellom anna tilskott til ANSA sitt informasjonsarbeid. Dette inneber informasjon om norsk utdanning som grunnlag for opptak og særskilde ordningar ved utanlandske lærestader der det er norske studentar. Løyvinga skal også dekkje utgifter knytte til tilrettelegging for studium i utlandet.
Post 90 Lån til Statens lånekasse for utdanning, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer behovet som Lånekassen har for innlån frå staten. Ordninga med ekstra lån til studentar som tar eit sommarsemester, blir foreslått ført vidare i 2004, jf. forslag til vedtak III nr. 4.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
03 | Diverse inntekter | 291 | 356 | 369 |
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 9 500 | 9 500 | 9 500 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 925 | ||
17 | Refusjon for lærlingar | 35 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 4 068 | ||
72 | Gebyr | 121 841 | 143 000 | 136 000 |
90 | Avdrag | 5 333 336 | 5 000 000 | 5 410 000 |
91 | Tap og avskrivingar | 690 897 | 689 000 | 693 000 |
93 | Omgjering av studielån til stipend | 872 000 | 1 627 000 | |
Sum kap 5310 | 6 160 893 | 6 713 856 | 7 875 869 |
Post 03 gjeld refusjon av kostnader som Lånekassen har ved oppdrag for andre verksemder, til dømes organisasjonar. Oppdrag gjeld m.a. utsending av materiell til kundegrupper i Lånekassen på vegner av desse verksemdene.
Visse innanlandske kostnader til flyktningar kan etter OECD sitt statistikkdirektiv bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Post 04 gjeld ettergiving av studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Det er Utanriksdepartementet som betaler refusjonen til Lånekassen over kap. 167 Flyktningetiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA).
Post 72 gjeld gebyr i Lånekassen, m.a. gebyr per førstegongsvarsel for terminbeløp med forfall per 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.
Alle gebyra blir foreslått førte vidare med dei same satsane i 2004: førstegongsvarsel på kr 35, andregongsvarsel på kr 280 og tredjegongsvarsel (varsel om oppseiing) på kr 490.
Løyvinga på post 90 gjeld avdrag og renter til Lånekassen.
Løyvinga på post 91 gjeld tap og avskriving i Lånekassen, jf. kap. 2410.
Namnet på post 93 er endra frå «Innbetaling frå konverteringsfond», men innhaldet er det same. Posten omfattar innbetaling til Lånekassen i samband med konverteringsordninga, jf. kap. 2410 post 50.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Renter | 5 175 058 | 6 033 000 | 3 847 700 |
Sum kap 5617 | 5 175 058 | 6 033 000 | 3 847 700 |
Budsjettforslaget gjeld renter frå Lånekassen, jf. kap. 2410 post 72.