Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettforslaget for programområde 15 Landbruk og mat
Landbruksdepartementet har ansvaret for å utvikle og forvalte landbrukspolitikken og samarbeider med Fiskeridepartementet og Helsedepartementet i utvikling og forvaltning av matpolitikken.
Landbruksdepartementet sitt hovudmål for mat- og landbrukspolitikken er å sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn med grunnlag i eit berekraftig, utviklingsorientert og marknadsbasert landbruk, som utnyttar potensialet for auka verdiskaping og som medverkar til levande bygder med høg produksjon av fellesgode.
For å oppnå dette er det viktig å oppretthalde den gode tilliten til norsk matproduksjon og gi rammer som kan gi auka verdiskaping.
For å sikre forbrukarane trygge matvarer er etableringa av Mattilsynet frå 01.01.2004 viktig og avgjerande. Matforvaltningsreforma er basert på ei modernisert lovgiving og ei effektivisert organisering som tar vare på heilkjedeperspektivet. Mattilsynet skal ha eit samla ansvar for å følgje matvarene gjennom heile produksjonskjeda frå innsatsvarer til ferdig mat. Med denne reforma har regjeringa som mål at Mattilsynet skal bli eit av Europas beste i sitt slag innan få år.
Landbruksdepartementet ser det som viktig å ha ei berekraftig ressurs- og eigedomsforvaltning med eit sterkt jordvern, slik at det biologiske mangfaldet og miljøkvalitetane i kulturlandskapet blir sikra.
Eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur over heile landet er viktig for å sikre ei nasjonal matforsyning. Ein legg derfor til grunn at importvernet framleis må sikre landbruksproduksjon på viktige områder.
Landbruket står overfor store utfordringar. Internasjonale rammevilkår og auka krav om effektivisering gjer at det er ei stor utfordring å nå måla for både mat- og landbrukspolitikken.
For å nå regjeringa sine mål i Sem-erklæringa er det behov for grunnleggjande endringar i næringspolitikken. Ein realistisk landbrukspolitikk må ta utgangspunkt i at det er nødvendig med strukturendringar og effektiviseringar i heile produksjonskjeda frå primærproduksjon fram til brukar. I primærproduksjonen vil endringane vere:
Skape robuste framtidsretta gardsbruk med gode innteningsmoglegheiter
Auka innsats for å skape alternative sysselsettings- og inntektsmoglegheiter
Skape kultur for nyskaping og marknadsorientering
Skape attraktive bustader gjennom ein aktiv eigedomspolitikk
Desentralisere landbrukspolitikken for å gjere det mogleg med regionale og lokale tilpassingar
For å kunne utvikle ein samla strategi for dei nødvendige endringane, har regjeringa satt i gang eit omfattande og langsiktig arbeid ( Landbruk Pluss).
Landbruksdepartementet meiner at det er nødvendig å utvikle ein meir samla strategi for utvikling i landbruksnæringane som omfattar heile verdikjeda frå primærproduksjon fram til forbrukar. Det må utviklast ein meir marknadsbasert vare- og tenesteproduksjon som gjennom effektiv og nyskapande utnytting og foredling kan utnytte bygdene og landbruket sine samla føremoner og ressursar. Verdiskapingsprogramma for mat, trevirke og reindrift, saman med satsinga på bioenergi og utmarksnæring, er viktige verkemiddel for å nå desse måla.
Strukturutviklinga i landbruket medverkar til at det tradisjonelle grunnlaget for busetjing og sysselsetting i store delar av distrikta reduserast. For å nå måla i distriktspolitikken krev dette for det første ein strategi som fører vidare strukturendringane innafor ramma av ein klar distriktsprofil samstundes som endringane gjennomførast på ein sosial og økonomisk forsvarleg måte for jordbruksbefolkninga. Parallelt er det behov for å etablere nye strategiar i landbrukspolitikken med ei brei satsing på næringsutvikling for utvikling av alternative inntekts- og sysselsettingsmoglegheiter. Denne satsinga skal omfatte både økonomiske verkemidlar og ein målretta eigedoms- og ressursforvaltningspolitikk og er samla under den felles nemninga Landbruk Pluss. Regjeringa har eit mål om å styrkje regional- og distriktspolitikken for å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. Nøkkelen til vidare utvikling er ein tett kopling mellom landbrukspolitikken og anna næringspolitikk og ressurs- og miljøforvaltning der kommunane er den sentrale aktøren. Ved å gi kommunane avgjerdsmyndigheit ønskjer Landbruksdepartementets å setje kommunane betre i stand til å møte desse utfordringane.
Fylkesmennene får her eit utvida ansvar for den landbrukspolitiske dialogen med kommunane. Dialogen skal baserast på eit partnerskapsperspektiv. Fylkesmannen må på bakgrunn av dette lage eit eige opplegg for forvaltningsdialog i samarbeid med kommunane og fylkeskommunen basert på dei behov og utfordringar som gjeld for kommunane i fylket, jf. St.prp. nr. 66 (2002-2003), St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Kommunal- og regionaldepartementet og St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Sentrale rammevilkår for mat- og landbrukspolitikken er den generelle økonomiske politikken, marknaden, handelspolitikken som følgje av WTO-avtalen, EØS-avtalen og Stortinget si behandling av St.meld. nr. 40 (1996-97), St.meld. nr. 17 (1998-99), St.meld. nr. 19 (1999-2000), St.prp. nr. 1 (2002-2003), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003), St.prp. nr. 63 (2002-2003), St.prp. nr. 70 (2002-2003) og St.meld. nr. 16 (2002-2003).
1.1 Hovudpunkt i budsjettforslaget for 2004
Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Landbruksdepartementet på om lag 14 mrd. kroner. Dette er ei auke på om lag 247 mill. kroner sett i høve til saldert budsjett 2003.
Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Landbruksdepartementet er:
etablering av Mattilsynet og ny organisering av matforvaltninga
trygge matvarer
styrking av lokaldemokratiet på landbruksområdet
forenklingar i lov- og regelverk og andre verkemiddel
utvikling av ny næringsverksemd og attraktive bustader i bygdene
større variasjon og mangfald i landbruksproduksjonen og dermed auka inntektsmoglegheiter for den enkelte næringsutøvar
ein berekraftig landbruksproduksjon som medverkar til å løyse viktige miljøoppgåver
forsking og utvikling
modernisering, forenkling og effektivisering av mat- og landbruksforvaltninga
Samla sett er det gjort store og omfattande endringar i Landbruksdepartementet sin budsjettproposisjon. Det er for det første gjort framlegg om ein heilt grunnleggande reform i matforvaltninga. For det andre er den samla næringspolitiske strategien fornya som ledd i ein langsiktig og realistisk politikk for ein forsterka næringsutvikling.
Med utgangspunkt i ein krevjande budsjettsituasjon er Landbruksdepartementet sitt budsjett stramt. Det er derfor lagt avgjerande vekt på å prioritere nye tiltak utan å auke den samla budsjettramma.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse på 1 216 mill. kroner. I høve til saldert budsjett for 2003 aukar budsjettet med 326 mill. kroner. Endringane skuldast i hovudsak netto overføringar frå Fiskeridepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet knytt til matforvaltningsreforma på 212 mill. kroner, auka løyving til omstillings- og etableringskostnader knytt til etableringa av Mattilsynet frå 01.01.2004 på 103 mill. kroner, nye tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer på 26,5 mill. kroner. I tillegg blir det fremma forslag om at Mattilsynet i 2004 kan foreta bestillingar ut over gitt løyving med inntil 37 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
For å sikre forbrukarane trygge matvarer er etableringa av Mattilsynet viktig og avgjerande. Matforvaltningsreforma er basert på ei modernisert lovgiving og ei effektiv organisering som tar vare på heilkjedeperspektivet. Mattilsynet skal ha eit samla ansvar for å følgje matvarene gjennom heile produksjonskjeda frå innsatsvarer til ferdig mat.
Dei tre matdepartementa har med grunnlag i behandlinga av St.prp. nr. 65 (2002-2003) arbeidd med å konkretisere dei ulike gebyr og avgiftsordningane og det blir gjort framlegg om ein forenkling i avgifts- og gebyrordningane. Det er bygd opp eit tredelt system som omfattar gebyr for særskilte ytingar, gebyr for enkelte tilsyns- og kontrolloppgåver, samt avgift for tilsyn og kontroll langs heile produksjonskjeda. Samstundes som det i samband med matforvaltningsreforma har vore behov for å få etablert einskaplege prinsipp og system for finansieringa, gjer budsjettsituasjonen og dei store utfordringane på matområdet det nødvendig å auke inntektene frå gebyr og avgifter. Ut frå budsjettsituasjonen er dei samla gebyr og avgifter til å finansiere den ordinære verksemda til Mattilsynet, auka med 195 mill. kroner. Den sterke satsinga er nødvendig for å sikre forbrukarane trygge matvarer, hindre framtidige matskandalar og byggje opp eit Mattilsyn som skal bli eit av Europas beste.
I desember 2002 la regjeringa fram St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd. For første gang på meir enn 30 år blei det ut frå eit dyrevelferdssynspunkt gjort ein systematisk gjennomgang og vurdering av alt dyrehald og alle andre forhold som vedkjem dyr her i landet. For første gong blir det slått fast at dyr har eigenverdi. Basert på ei slik etisk plattform og det overordna målet - Sunne dyr i gode miljø - set meldinga mål, formulerar strategiar og ei rekkje konkrete tiltak for eit framtidsretta arbeid for ei betre dyrevelferd i landet. Ei systematisk kompetanseoppbygging og spreiing av kunnskap til alle som har ansvar for dyr og til allmenta generelt, skal auka medvitet i folket om dyr og dyrehald. Eit føremålsteneleg regelverk og eit kompetent tilsyn skal sikre oppfølginga av målsetjinga i meldinga. Stortinget sin næringskomité slutta seg fullt til alle framlegg i meldinga og gjekk i nokre tilfelle lenger enn meldinga i å skjerpe krava til velferd. Oppfølging av tiltaka i meldinga vil krevje store ressursar i åra som kjem både for næringsutøvarane, organisasjonane og det offentlege.
For å få ein best mogleg lokal tilpassing av dei nasjonale verkemidla i landbruket vil Landbruksdepartementet frå 01.01.2004 gjennomføre ei rekkje reformer som gjer at kommunane skal bli ein meir aktiv landbrukspolitisk aktør. Dette skal skje gjennom desentralisering av meir myndigheit og ansvar for gjennomføringa av landbrukspolitikken.
Regjeringa arbeider for livskraftig jordbruk, skogbruk og reindrift der utnytting av ny teknologi, nye marknadsmoglegheiter m.a. ved auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar i aukande grad avgjer om måla for inntektsutviklinga kan nåast.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping på 12,5 mrd. kroner. 11,2 mrd. kroner av løyvinga er knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen. Jordbruksavtalen skal medverke til omstilling og effektivisering, samt at aktive utøvarar skal få ei inntektsutvikling på lik linje med andre grupper i samfunnet, kombinert med eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur. Samstundes vil ein ta større omsyn til bruk der jordbruksproduksjonen utgjør eit viktig bidrag til inntekta. Avtalen inneberer forenklingar og større målretting av dei økonomiske verkemidla. Avtalen førte til ein reduksjon i løyvinga over kap. 1150 med 275 mill. kroner. I tillegg blei partane einige om å flytte ordningar med ei samla ramme på om lag 460 mill. kroner ut av avtalen frå 01.01.2004. Som følgje av forslaget om å avvikle el-avgifta i første halvår, er budsjettramma for jordbruksavtalen førebels redusert med 35 mill. kroner i forhold til forslaget i St.prp. nr. 70 (2002-2003). Det leggjast opp til at det gjennomførast ekstraordinære forhandlingar i høve til bestemmingane i jordbruksavtalen hausten 2003. I samband med jordbruksoppgjeret blei partane einige om at det i løpet av 2004 skal innførast eit nasjonalt miljøprogram og regionale miljøprogram i kvart enkelt fylke frå 2005.
Regjeringa meiner det er viktig å ha ein næringspolitikk med sterk fokus på nyskaping, både innafor landbruket og i samband med nye næringar. Regjeringa vil derfor i sin næringspolitikk leggje vilkåra til rette for å utvikle vidare eit landbruk som produserer eit auka mangfald av mat og andre produkt og tenester gjennom fokus på nyskaping og kommersialisering. Landbruksdepartementet vil frå 2004 samordne dei tre verdiskapingsprogramma (mat, skog og reindrift) med satsinga på bioenergi, utmark og reiseliv i ein stor heilskapleg næringssatsing. Siktemålet er større slagkraft og effekt av tiltaka der ein ser dei tradisjonelle landbruksnæringane i samanheng med nye næringstiltak og der ein legg til grunn ein meir samorda bruk av dei økonomiske verkemidla.
Regjeringa legg opp til å vurdere endringar i jordbruksfrådraget med sikte på at inntekter frå bioenergi kan inngå i grunnlaget for jordbruksfrådraget, jf. omtale under kat. 15.30 Hovudstrategi for landbrukspolitikken.
Regjeringa ser det som viktig at ressursgrunnlaget på bygdene i større grad blir utnytta til ulik næringsutvikling og til busetjing, også for borgarar utan direkte tilknyting til primærnæringane.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.20 Forsking og utvikling på om lag 309 mill. kroner. I høve til saldert budsjett er budsjettet nominelt auka med om lag 11 mill. kroner. Landbruksforskinga skal, innafor ei etisk forsvarleg ramme og i ein bred næringspolitisk samanheng, være leverandør av kunnskap med vekt på krav frå forbrukarane, verdiskaping, nyskaping, omstilling, miljø, helse og livskvalitet. Forskingsmiljøas evne til kommersialisering av forskingsresultata vil i tida framover bli særleg vektlagt.
Landbruksdepartementet vil styrkje arbeidet for å få til ein betre balanse mellom talet på rein og ressursgrunnlaget i Finnmark. Reindriftsstyret har fastsett et øvre tal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde og arbeidet med å få fastsett øvre tal også i Aust-Finnmark reinbeiteområde prioriterast. For å få eit tilstrekkeleg tal reindriftsutøvarar med på ein frivillig avvikling og ein reduksjon i talet på rein til det fastsette er det sett av 11 mill. kroner til ei bonusordning som skal supplere dei eksisterande verkemidlane over reindriftsavtalen.
Regjeringa ser på utviklinga av økologisk landbruk som viktig i miljøarbeidet og som eit bidrag til å auke mangfaldet på matvaremarknaden. Den samla løyvinga til økologisk landbruk er auka med 8 mill. kroner til 124 mill. kroner.
1.2 Overordna mål for mat- og landbrukspolitikken
Hovudmålet for mat- og landbrukspolitikken:
Sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn med grunnlag i eit berekraftig, utviklingsorientert og marknadsbasert landbruk, som utnyttar potensialet for auka verdiskaping og som medverkar til levande bygder med høg produksjon av fellesgode.
Strategiske mål for mat- og landbrukspolitikken:
Sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn
Sikre god dyre- og plantehelse, eit etisk forsvarleg dyrehald og ein sunn matproduksjon
Sikre ei berekraftig ressurs- og eigedomsforvaltning med eit sterkt jordvern, vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet
Sikre ein marknadsbasert vare- og tenesteproduksjon gjennom effektiv og nyskapande utnytting og foredling i jordbruk og skogbruk og av bygdene sine samla føremoner og ressursar
Utvikling av ny næringsverksemd og attraktive bustader i bygdene
Sikre ei nasjonal matforsyning og eit aktivt landbruk over heile landet
Utvikle ei reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart.
Sikre handlingsrom for ein nasjonal landbrukspolitikk innafor internasjonale avtalar og forhandlingar som til dømes WTO og EU/EØS
Strategiske mål for mat- og landbruksforvaltninga:
Sikre ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i høve til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.
Utvikle verkemiddel som forenklar tilhøva for næringsverksemd, stimulerar til levande bygder og busetjing og sikrar rettstryggleiken til den einskilde
Vidareutvikle mat- og landbruksforskinga som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering.
1.3 Utfordringar i mat- og landbrukspolitikken
1.3.1 Nye strategiar i landbrukspolitikken
Regjeringa arbeider for å oppretthalde eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur der importvernet framleis sikrar norsk landbruksproduksjon på viktige områder. Landbruket står likevel overfor store endringar og utfordringar knytt til dømes til; globaliseringa av verdsøkonomien, Noregs plikter i høve til internasjonale avtaler, dei spesifikke høva i den nasjonale økonomien og eit krav om auka effektivisering og nyskaping i all produksjon av varer og tenester. Utfordringa er mest synleg gjennom reduksjonen i talet på driftseiningar i landbruket over tid. Ei framskriving av denne utviklinga viser at landbruket si rolle i norsk distrikts- og busetjingspolitikk vil bli sterkt redusert. Moglegheita for å kunne bu og realisere seg i distrikta blir redusert, og kunnskap, ressursar og arbeidsplassar i distrikta vil gå tapt. For storsamfunnet vil dette forsterke utviklinga med sentralisering og tilflytting til sentrale område.
Som eit tiltak for å komme desse utfordringane i møte har Landbruksdepartementet etablert satsinga Landbruk Pluss, som skal leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet og attraktive bustader i bygdene parallelt med strukturendringar i landbruket. Satsinga omfattar både økonomiske verkemiddel og ein målretta eigedoms- og ressursforvaltningspolitikk.
Prosjektet må sjåast i samanheng med forslaga til desentralisering av styresmakt og oppgåver til kommunane. Landbruksdepartementet vil vurdere ytterlegare desentralisering av oppgåver, jf. St.meld. nr. 19 (2001-2002) om nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå og Stortinget si behandling av denne. I dette ligg det eit mål om å utvikle ein ny politikk gjennom endringar i verkemidla. Målet for Landbruk Pluss er å medverke til:
Levande bygder med gode bu- og levevilkår og med rom for fritidsbruk og deltidsbusetjing.
Skape ein kultur for næringsutvikling og marknadsorientering.
Desentralisering og demokratisering av styresmakt og ansvar for landbrukspolitikken.
Landbruk Pluss skal også rette seg mot enkeltindivida, og leggje til rette for næringsutvikling og gründerar.
Ein strategi er å vidareutvikle eit målretta regelverk og ei brukarretta forvaltning av politikken for busetjing og næringsutvikling i bygdene. Dette arbeidet skal spesielt fokusere på forenkling.
Å etablera og vidareutvikle arenaer for spreiing og kommersialisering av forskings- og utredningskompetanse i landbrukspolitikken med sikte på auka marknadsorientert næringsutvikling i bygdene, er ein annan strategi.
Det vil òg vere viktig å leggje til rette for utvikling av ein lokalt tilpassa politikk for busetjing og næringsutvikling gjennom auka desentralisering og demokratisering av landbrukspolitisk ansvar og styremakt. Det vil bli tilrettelagt for å prøve ut nye ordningar gjennom forsøksregionar og lokale prosjekt.
Interdepartementalt samarbeid og samhandling på området og omfattande kommunikasjon med aktuelle eksterne aktørar vil bli tillagt stor vekt i gjennomføringa av Landbruk Pluss.
1.3.2 Trygg mat, kvalitet og forbrukaromsyn
Regjeringa sin matpolitikk vil ha hovudfokus på:
trygg mat
eit sunt kosthald som grunnlag for god folkehelse
ei langsiktig matforsyning
nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produksjon av mat både til nasjonalt konsum og eksport
Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Helsedepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet, med Landbruksdepartementet som administrativt ansvarleg for Mattilsynet. Det er derfor omtale av dette ansvarsområdet i budsjettframlegga til dei to andre matdepartementa, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet og for Fiskeridepartementet. Mat- og landbrukspolitikken blir utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk mellom anna i WTO-/SPS-, WTO-/TBT- og EØS-avtalane. I samarbeid med Helsedepartementet og Fiskeridepartementet vil Landbruksdepartementet starte arbeidet med å utvikle ein samla plan for internasjonalt arbeid på matområdet.
Ernæring som ein del av folkehelsearbeidet blir nærare omtalt som ei oppfølging av St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 16 (2002-2003) ønskjer Landbruksdepartementet å peike på råvareprodusentane, næringsmiddelindustrien og omsetjingsledda sitt ansvar for å få fram eit større mangfald og ein produktkvalitet som medverkar til auka forbruk av produkt med god samansetning med omsyn på ernæring. Skulen er i den samanheng ein viktig arena for langsiktig oppbygging av sunne matvaner og kunnskap om mat og matproduksjon. St.meld. nr. 16 (2002-2003) peiker òg på utfordringar for arbeidet med trygg mat, mellom anna styrking av deltakinga i internasjonalt arbeid med regelverksutvikling og fagleg samarbeid. Ei anna målsetjing er å ha god forvaltning og auka tilsyn med drikkevatn.
Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Likeeins vil forbrukarane ha større variasjon i tilbodet av mat og etterspør både norsk mat og mat frå framande kulturar. Preferansane til forbrukarane er med på å påverke utforminga av matpolitikken, der betre informasjon og merking blir stadig viktigare.
Regjeringa si matpolitiske målsetjing om trygg mat byggjer på prinsippet om at det er næringsutøvarane som er ansvarlege for å sikre mattryggleiken. Det offentlege skal føre tilsyn med at dette skjer. For å sikre trygge og gode sluttprodukt må ein ha eit tilsynsapparat som er samordna og følgjer heile produksjonskjeda. Dette er grunnlaget for opprettinga av det nye Mattilsynet frå 01.01.2004. Mattilsynet skal på ein kostnadseffektiv og fagleg samordna måte sjå til at alle offentlege krav til landbruksbasert matproduksjon, produksjon av sjømat og anna regelverk på tilsynet sitt forvaltningsområde blir følgd. Forskingsinstitutta skal gi tilsynet fagleg støtte.
Med dei store organisatoriske endringane som finn stad, m.a. med samanslåing av fire tilsyn, statleggjering av dei kommunale næringsmiddeltilsyna, etablering av ein eigen vitskapskomité, framlegging av ny lov og innføring av ny finansieringsordning, samt fristilling av laboratorietenestene meinar regjeringa at Mattilsynet skal ha som mål å bli eit av Europas beste i sitt slag innan få år.
Mattilsynet vil bli ein stor, desentralisert organisasjon med mykje kompetanse spreidd utover heile landet. Det er viktig at Mattilsynet utviklar gode relasjonar til andre offentlege etatar, og saman med desse legg grunnlag for ei positiv utvikling i distrikta. Matdepartementa skal sørgje for at forbrukarane og næringa har god kunnskap om ulike rollar og ansvarsfordelinga i risikoanalyseprosessen. Som eit ledd i dette, vil det under Helsedepartementet bli oppretta ein vitskapskomité som vil vere ansvarleg for risikovurderingar, jf. omtale under kat. 15.10. Matdepartementa vil i regelverket fastsetje akseptabelt risikonivå, medan Mattilsynet vil vere ansvarleg for risikohandteringa. Kunnskapsformidling og open framferd, både om kva som ligg til grunn for risikovurdering og risikohandtering, er ein føresetnad for tillit hos forbrukar og næring. Styresmaktene vil leggje til rette for ein aktiv kommunikasjon med forbrukarar og næring i utforminga av matpolitikken. Mattilsynet vil yte tenester til nytte for både forbrukarane og for alle bedrifter som produserar, foredlar eller omset matvarer.
Dei viktigaste verkemidla for forvaltninga i arbeidet med å styrkje mattryggleiken er eit konsistent og relevant regelverk, og eit effektivt tilsynsapparat som er i stand til å følgje opp at aktørane i matproduksjonen etterlever regelverket. Vidare er det nødvendig å delta aktivt i det internasjonale arbeidet for å ta del i rettsutviklinga og kunnskapsutviklinga som skjer på dette området.
I samband med opprettinga av Mattilsynet har Helsedepartementet i samarbeid med Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet fremma Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) for Stortinget. Den nye matlova vil femne om heile matkjeda frå jord og fjord til bord og erstatte ei rekkje av lovene vi har på matområdet i dag. Den nye matlova skal òg vere tilpassa relevant internasjonalt regelverk mellom anna EU sin Food Law og blir lagt til rette for å ivareta framtidig EU-regelverk. Framlegget inneber ei monaleg forenkling av det fragmenterte regelverket ein i dag har innafor matområdet. Matlova vil òg gi heimel for auka krav til sporing langs produksjonskjeda for mat. Både ut frå omsyn til mattryggleik og andre forbrukaromsyn vil krava til system for sporing auke. Slike system vil vere eit viktig grunnlag for sporing i samband med tilbaketrekking av helsefarlege produkt, i høve til helse og kvalitet i primærproduksjonen og for å dokumentere opplysningar om produksjonsstad og produksjonsform som forbrukarane har interesse av. Matlova inneheld krav om gebyr og avgifter til finansiering av tilsyn og kontroll etter matlova. For å gjennomføra heile modellen for finansiering av Mattilsynet, er det óg nødvendig å innføre heimel for gebyr og avgifter i dyrevernlova, husdyravlslova og dyrehelsepersonellova. Eit forslag til lovendring vil bli oversendt Stortinget i haust. Det er lagt vekt på at finansieringa skal framstå som enkel, oversiktleg og logisk, jf. kap. 4115 for ein omtale av det nye systemet.
Sterkare fokus på ulike sider av dyrehaldet og større erkjenning i samfunnet av at dyr har krav på eit verdig liv, tilpassa den enkelte art, gjer at dyrevelferd må takast på alvor. Regjeringa vil derfor følgje aktivt opp St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd som blei behandla i Stortinget våren 2003. Ein vil mellom anna sjå på korleis dei ulike fagmiljøa best skal samordne si rådgjeving til Mattilsynet i slike spørsmål.
På mat-, fôr- og plantesektoren er genmodifisering av organismar ei viktig problemstilling både i høve til forbrukar og miljø. EU har no vedteke nytt regelverk for godkjenning og merking av genmodifisert mat og fôr som skal vurderast som ein del av EØS-avtalen.
1.3.3 Næringspolitikk og verdiskaping
Regjeringa arbeider for eit livskraftig jordbruk og skogbruk og for ei livskraftig reindrift kor utnytting av ny teknologi, nye marknadsmoglegheiter, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar i aukande grad avgjer om måla for inntektsutviklinga kan nåast. Regjeringa legg vidare i Sem-erklæringa vekt på å oppretthalde eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur m.a. med tanke på beredskap og omsynet for produksjon av trygg mat. Regjeringa går inn for modernisering og auka fokus og synleggjering av verdiskaping, miljø- og matpolitikk.
For landbruket er eit auka fokus på nyskaping og kommersialisering sentrale drivkrefter for å auke konkurranseevna og lønnsemda. Nyskaping skjer ofte på lokale arenaer basert på regionale føresetnader og med nødvendige koplingar til regionale, nasjonale og internasjonale innovasjonssystem, samstundes som innovasjonssystema ofte er sektorovergripande. I lys av dette deltek Landbruksdepartementet i regjeringa sitt arbeide med ein heilskapleg innovasjonspolitikk og utarbeidinga av ein plan for oppfølging av dette arbeidet.
Ein meir målretta forskingspolitikk som legg til rette for kommersialisering og nyskaping er ein viktig del av den samla strategien. Eit viktig mål er å utnytte eksisterande forskings- og utredningsresultat i ein kommersiell samanheng med sikte på å skape arbeidsplassar og inntekt i distrikta.
Dei store og nødvendige strukturelle endringane i jord- og skogbruket fører til kraftige nærings- og distriktspolitiske effektar. I lys av dette er mykje av det tradisjonelle grunnlaget for busetjing og sysselsetting i distrikts-Noreg sterkt svekka. For å nå regjeringa sine mål i Sem-erklæringa er det derfor behov for grunnleggande endringar i næringspolitikken. For det første må strukturendringane førast vidare slik at konkurransekrafta og kostnadsnivået i jord- og skogbruket blir betre, men då på ein slik måte at produksjonsnivået blir halde oppe, at ein opprettheld eit sterkt landbruk, ein klar distriktsprofil, samt at endringane gjennomførast på ein sosial og økonomisk forsvarleg måte for landbruksbefolkninga. Parallelt med strukturendringane er det et stort behov for å vidareføre og forsterke omlegginga av næringspolitikken med sikte på å etablere alternativ inntekt og sysselsetting med utgangspunkt i ledige ressursar på gardseigedomar. Denne næringspolitikken må omfatte både økonomiske verkemidlar og ein målretta eigedoms- og ressursforvaltningspolitikk. Satsinga på ein næringspolitikk parallelt med strukturendringane er bakgrunnen for etableringa av Landbruk Pluss.
Regjeringa meiner det er viktig å ha ein egen næringspolitikk som har som mål å utvikle eit nyskapande landbruk som gjer bruk av nye marknadsmoglegheiter. For å nå måla for landbrukspolitikken og reindriftspolitikken har det mellom anna blitt etablert tre verdiskapingsprogram for høvesvis norsk matproduksjon, skog og trevirke, samt reindrift. Regjeringa legg vekt på at dei tre verdiskapingsprogramma i større grad må sjåast i samanheng og integrerast i eit heilskapleg næringsutviklingsprogram saman med satsinga på bioenergi, utmarksressursar og reiseliv. Kunnskaps- og kompetanseutviklinga vil og gi synergiar med auka lønsemd som resultat for næringa. Verdiskapingsprogramma skal og arbeide med strategiske prosessar der det blir lagt vekt på at heile verdikjeda skal sjåast i samanheng. For betre å få til ei integrert satsing på næringsutvikling er det etablert ein felles leiing for Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon og for Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke. Denne samordninga vil bli vidareført i 2004 og må sjåast i samanheng med satsinga på utmark reiseliv og bioenergi.
I arbeidet med å leggje til rette for ein auka marknadsbasert næringsverksemd må det leggjast opp ein samla strategi som omfattar heile verdikjeda frå primærproduksjon fram til forbrukar. Det er ikkje godt nok å effektivisere dei einskilde ledda i verdikjeda. Siktemålet må heile tida vere å gjere den samla effektiviteten i verdikjeda monaleg betre. Ut frå dei strukturelle endringane som går føre seg er det og eit viktig siktemål for ein samla næringsstrategi at alle ledd i verdikjeda trekkjer i lag, og at primærprodusentane kan få ein rimeleg del av verdiskapinga sett i høve til den innsats dei set inn.
I arbeidet med nyskaping og mangfald i matmarknaden er Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sentralt. Programmet har som hovudmål å auke mangfaldet av spesialiserte produkt av høg kvalitet i tråd med marknaden sine krav, samstundes som det skal auke det økonomiske potensialet i næringa. I tida framover vil det bli lagt større vekt på at verdiskapingsprogramma skal støtte opp under og vere eit aktivt verkemiddel for ein samla strategi som omfattar heile verdikjeda frå produsent til forbrukar. Eit av hovudformåla er å styrkje den økonomiske situasjonen for primærprodusentane. Arbeidet med auka nyskaping og matmangfald blei styrka då dei tidlegare delprogramma i Konkurransestrategiar for norsk mat, med unntak av Kvalitetssystemer i landbruket blei integrert i verdiskapingsprogrammet frå og med 2003. Samstundes nyttast òg store deler av dei bedriftsretta BU-midlane til nyskaping på matområdet.
Økologiske produkt er eit viktig bidrag til meir miljøtilpassa landbruk og auka mangfald i matvaremarknaden. Regjeringa prioriterer økologisk landbruk høgt, og for 2004 vil det bli arbeida med å få ein større andel av det økologisk produserte fram til forbrukar. Satsinga tek utgangspunkt i heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, jf. nærare omtale under kap. 1150.
St.meld. nr. 19 (1999-2000) og behandlinga av ho i Stortinget føreset målretting og forenkling av verkemiddelbruken i landbrukspolitikken. I tråd med Sem-erklæringa vil regjeringa gi næringsutøvarane i landbruket ei meir sjølvstendig rolle og større fridom til å tilpasse verksemda si i høve til marknaden. Yrkesutøvarane i landbruket må ta større omsyn til bruk kor jordbruksproduksjonen utgjer eit viktig bidrag til inntekta. Dette er viktig både for å leggje til rette for inntektsmoglegheiter for aktive utøvarar og for å sikre den framtidige rekrutteringa til landbruket.
Arbeidet med å skapa eit meir fleksibelt regelverk og å forenkle dei økonomiske verkemidla held fram, og ein har i årets jordbruksavtale gjennomført fleire tiltak for forenkling og målretting, i tillegg til at det er arbeidd med å heve grensene i konsesjonslova og auke moglegheitene for tilpassing i svine- og fjørfeproduksjonen.
Regjeringa vil vidare arbeide for at verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast og at skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver, for eksempel klima, biologisk mangfald og kulturlandskap. Både skogproduksjon og hausting av skogressursane krev at ein tenkjer langsiktig. Skogavgiftsordninga er den sentrale finansieringskjelda for nødvendige investeringar. Det er derfor knytt skattefordel til bruken av skogavgifta til m.a. etablering av ny skog. Med dei skatteendringane som blei gjort frå og med 2003, meiner regjeringa at skogavgiftsordninga vil sikre ei berekraftig utnytting av skogressursane òg i framtida. Ei framtidsretta skognæring må ha ein god miljøprofil av omsyn til skogmiljøet og for at næringa skal ha aksept i samfunnet og marknaden. Dette krev samhandling og oppbygging av kunnskap innan alle ledd i sektoren.
Den største utfordringa i skogbruket framover er å betre lønnsemda i næringa. Dette er eit vilkår for auka verdiskaping og aktivitet i sektoren. Regjeringa vil derfor prioritere auka verdiskaping gjennom Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet), bioenergitiltak og næringsutvikling i utmark. Det er nødvendig å få til produkt og tenester med betre økonomisk avkasting og dette krev høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda.
Satsinga på Treprogrammet held fram i 2004. Hovudfokus i programmet vil bli bedriftsretta og bedriftsnære prosjekt som skal medverke til å auke verdiskapinga i næringa og sikre arbeidsplassar m.m. i distrikta. Det er eit mål å finne fram til prosjekt som legg vekt på at trevirke er ein fornybar ressurs som nyttiggjer seg det faktum at trevirke krev langt mindre energi både til framstilling og transport enn samanliknande materiale. I tida framover må det leggjast stor vekt på å sjå verdiskapingsprogramma i samanheng med ein politikk som omfattar heile verdikjeda frå produsent til forbrukar.
Landbruksdepartementet vil vidareføre og styrkje satsinga på bioenergi innan landbruket. Det vil bli lagt særleg vekt på å utvikle og styrkje forretningsmessige konsept der landbruket ikkje berre er råvareleverandør, men også er aktive direkte overfor forbrukarane. Dette er ein bevisst næringspolitisk satsing for å skape inntekter og arbeidsplassar knytt til landbruket. Samstundes vil denne satsinga vere eit viktig bidrag til framtidig energistabilitet og til å utvikle ein marknad for denne type energi.
Landbruket forvaltar størstedelen av utmarka i Noreg. I tillegg til tradisjonell skogsdrift utgjer desse areala eit stort potensial for kommersielle aktivitetar knytt til opplevingar og reiseliv. Utmarksressursane i Noreg kan danne rammevilkåra for ein aukande marknad som etterspør fritids- og spesialopplevingar ut over den tradisjonelle turismen. I ein næringssamanheng kan dette medverke til vesentlege innovasjonar og verdiskaping knytt til opplevings- og reiselivsproduksjon som erstatning for tapte arbeidsplassar i det tradisjonelle landbruket. Det føreligg òg monalege moglegheiter for auka synergieffektar på tvers av verdikjedene på mat, tre, og utmark.
Reindrifta blir utøvd i store delar av landet og under ulike tilhøve og rammevilkår. Utfordringane er mange og samansette. Hovudmålet er å leggje forholda til rette for ei livskraftig reindrift innafor dei rammer som ressursgrunnlaget set. Å sikre, utvikle og styrkje reindriftsnæringa inneber krevjande utfordringar for både næringa og forvaltninga. For å lykkast med dette arbeidet er det viktig at dei ulike aktørane har ei felles forståing av tilhøva. Dette krev eit høgt kunnskapsnivå hos politikarar og styresmakter når det gjeld dei ulike sidene ved reindrifta og om endringsprosessar og årsaksforhold. Vidare er det viktig å utvikla den kompetansen reindrifta har og bruke reindrifta sin kunnskap i forvaltninga av den næringa som er den sentrale for å ta vare på samisk kultur, levesett og språk.
Regjeringa meiner at verdiskapingsprogrammet for reindrift er eit viktig tiltak for å sikre ei positiv økonomisk utvikling i næringa. Vidare har innføringa av skattefrådraget og omlegginga av tilskota til driftseiningar og tamreinlag ført til at det er lagt til rette for ei reindrift som har marknadsretta produksjon og verdiskaping som hovudmål og dermed på sikt ei større økonomisk berekraft i næringa.
Landbruksdepartementet meiner det er viktig å følgje opp kjønns- og likestillingsarbeidet i næringa. Departementet har bedt Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) gjennomføre ein kjønns- og likestillingsvurdering av verdiskapingsprogramma. Dersom det skulle vere nødvendig tar SND sikte på å leggje fram forslag til eventuell justering av programma for Programstyra og Landbruksdepartementet, ved årsskifte 2003-2004.
1.3.4 Miljø
Det er eit strategisk mål for mat- og landbrukspolitikken å sikre ei berekraftig ressurs- og eigedomsforvaltning med eit sterkt jordvern, vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet. Ein berekraftig landbruksproduksjon som medverkar til å løyse viktige miljøoppgåver, som for eksempel klima, biologisk mangfald og kulturlandskap, er ei av hovudprioriteringane i budsjettframlegget.
Det er to hovudutfordringar knytt til miljøarbeidet. Det er viktig å sikre miljøomsyn i næringsverksemda. Vidare er det viktig å auke og gjere synlege dei positive miljøbidraga frå landbruket. Departementet arbeider òg med vern og forvaltning av areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv.
Som ein del av mat- og landbrukspolitikken legg departementet stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Departementet har dei siste åra lagt til rette for ei betre organisering av dette arbeidet gjennom handlingsplanar og oppretting av eit nasjonalt råd og ulike genressursutvalg. Departementet vil arbeide vidare for berekraftig bruk av genressursar, under dette leggje vekt på å styrkje innsatsen knytt til forsking på feltet og arbeide for at det nordiske samarbeidet om genressursar blir utvikla vidare. Departementet vil i nasjonalt, nordisk og internasjonalt arbeid leggje vekt på å sikre tilgangen til genetiske ressursar, og tar sikte på å fremme eit forslag om ratifisering av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for Stortinget hausten 2003.
I tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 42 (2001-2002) Biologisk mangfald, er eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking under etablering. Arbeidet med ein artsdatabank er ein del av dette. Landbruksdepartementet vil òg i 2004 arbeide vidare med oppgåver knytt til biologisk mangfald, sjølv om framlegg om reduserte rammer for einskilde budsjettpostar krev sterk prioritering i høve til ny tiltak.
Nedbygging av dyrka mark og forvaltning av kulturlandskap byr på store utfordringar. Departementet vil i 2004 arbeide med ein ny og samordna strategi på desse områda som òg vil ha forankring i det nordiske arbeidet med kulturlandskap, jf. pkt. 1.3.6.
I samband med jordbruksoppgjeret i 2003 er det lagt til rette for etablering av eit nasjonalt miljøprogram for jordbruket i løpet av 2004. Vidare skal kvart fylke utarbeide regionale miljøprogram som blir sett i verk frå 2005. Departementet legg opp til å ha eit pilotfylke for miljøprogram i løpet av 2004. Den overordna målsetjinga med desse miljøprogramma er at dei skal gje auka målretting av miljøarbeidet i jordbruket og betre synleggjering av jordbruket sin samla miljøinnsats.
Departementet vil òg halde fram med å stimulere til auka bruk av økologiske driftsmetodar i landbruket, med sikte på gode miljøresultat og alternative produkt for forbrukarane. Siktemålet er at 10 pst. av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2010.
Reindrift er ei arealkrevjande næring. Inngrep og forstyrring innafor beiteområda og fragmentering av beiteland er ein alvorleg trussel mot reindrifta sitt arealgrunnlag og dermed det materielle grunnlaget for samane sin kultur. Departementet vil på denne bakgrunn arbeide for å styrkje omsynet til og vernet om reindrifta sine areal, m. a. gjennom verdiklassifisering av beiteareal på arealbrukskart.
Departementet legg vekt på å utnytte skogsektoren sine moglegheiter for å løyse viktige miljøoppgåver. Ein god miljøprofil i skogbruket er nødvendig av omsyn til skogmiljøet og for at næringa skal ha aksept i samfunnet og marknaden. Dette krev samhandling mellom næringa og styresmaktene. Departementet legg vekt på innarbeiding av miljøomsyn i regelverket, satsing på kompetanse, informasjon og resultatkontroll.
Skogen er samtidig ein fornybar ressurs som kan medverke til utvikling av meir berekraftig produksjon og forbruk. Trevirke er ein fornybar ressurs som ikkje tilfører atmosfæren ny CO2 dersom tilveksten er like høy som avviklinga. Noreg har tatt på seg ambisiøse mål for å redusere nasjonale utslepp av klimagassar. Auka bruk av tre framfor andre materiale i alle former for byggverk er eit viktig bidrag i så måte. Departementet vil halde fram innsatsen i Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) også i 2004, der miljønytta av auka trebruk er eit viktig område. Regjeringa si satsing på auka bruk av bioenergi skal òg medverke til å nå miljømål om å minske klimagassutslipp og sikre framtidig oppdekking av landet sitt energibehov. Ein auke i bruken av bioenergi vil òg fremme verdiskapinga i landbruket.
Departementet vil òg vise til at Statskog SF eig store skog- og utmarksareal, der det er tilgang til friluftsliv, jakt og fiske for borgarane. Statskog SF vil i framtida leggje auka vekt på tilrettelegging for allmenta når det gjeld bruken av desse areala og dei moglegheitene dei byr på. Statskog SF vil i denne samanhang samarbeide med organisasjonar for friluftsliv og andre relevante brukarar.
1.3.5 Ein meir aktiv eigedomspolitikk
Det er ein jamn nedgang i talet på aktive driftseiningar i landbruket, medan talet på landbrukseigedomar ser ut til å vere stabilt. Som følgje av denne utviklinga har stadig fleire eigedomar framfor alt funksjon som bustad eller til fritidsbruk. Regjeringa ser det som viktig at ressursgrunnlaget på bygdene i større grad blir utnytta til ulik næringsutvikling og til busetnad, òg for borgarar utan direkte tilknyting til primærnæringane. Samstundes blir det registrert ein aukande etterspørsel etter mindre landbrukseigedomar. På denne bakgrunn ønskjer regjeringa ein utvida og meir aktiv nærings- og busetjingspolitikk for desse eigedomane. Eit skritt i denne retninga var å forslå å auke konsesjonsgrensa til 20 dekar fulldyrka jord og 80 dekar anna areal. Vidare vil odelslovutvalet, som blei nedsett av regjeringa i 2001, truleg leggje fram si innstilling i løpet av denne hausten. Utvalet ser m.a. på verknadene av odelsretten i høve til dei landbrukspolitiske måla. Departementet skal starte opp arbeidet med ein ytterlegare gjennomgang av lovverket knytt til fast eigedom for å sjå om det er ytterlegare hindringar i vegen for å nå målet om nyskaping og busetjing i distrikta.
1.3.6 Styrka politikk for jordvern og kulturlandskap
Innafor miljøvernpolitikken er det eit nasjonalt resultatmål at dyrka og dyrkbar jord blir disponert med omsyn til behova til framtidige generasjonar.
Etter at departementet no har tatt i bruk nye metodar for registrering av areal som er bygd ned viser det seg at nedbygginga av dyrka mark er mykje større enn det departementet har lagt til grunn dei siste åra. Sjølv om politikken og retningslinjene knytt til jordvern er klare, er utviklinga når det gjeld nedbygging urovekkjande. Om utviklinga ikkje snur vil grunnlaget for nasjonal matforsyning på lang sikt bli sterkt svekka.
Det er nødvendig å styrkje politikken for å sikre at verdifulle landbruksareal får eit betre vern mot omdisponering. Departementet vil m. a. overføre styresmakt til kommunane i jordlovsaker, vurdere å styrkje jordlova, arbeide med verktøy for arealdifferensiering, og leggje til rette for auka kunnskap, informasjon og dialog på feltet. Departementet tek vidare sikte på å arrangere ein nasjonal konferanse om jordvern i 2004.
Samtidig byr forvaltning av kulturlandskapet på store utfordringar. Kulturlandskapet er ein ressurs og ei merkevare for Noreg. På grunn av endringar i arealbruk, bruksstruktur og driftsmåtar er det ei aukande gjengroing av jordbruksareal. Bygging med lite omsyn til landskapsbilete kan òg mange stader endre det særpreget kulturlandskapet har.
Departementet vil i samarbeide med Statens Landbruksforvaltning leggje til rette for ein ny og samordna strategi for forvaltning og bruk av kulturlandskap. Arbeid med miljøprogram, prioritering av verdifulle kulturlandskap, omlegging av skogpolitikken, arbeidet med juridiske verkemiddel, satsing på bioenergi og næringsutvikling knytt til matkultur vil òg ha verknad i ein slik samanhang. Dette arbeidet vil bli koordinert med utvikling av ein nordisk strategi for kulturlandskap.
Det er nødvendig å leggje større vekt på samanhengane mellom eit sterkt jordvern, kulturlandskap og miljø for å sikre verdifulle landbruksareal i eit langsiktig perspektiv.
1.3.7 Internasjonale tilhøve for landbruket
Landbruksdepartementet sitt virkeområde er nær knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innnfor alle dei ulike områda i mat- og landbrukspolitikken; jordbruk, skogbruk, mattryggleik og forsking. Miljøomsyn er integrert i alle desse politikkområda. Det er ei målsetjing å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samstundes medverke til framgang i dei internasjonale prosessane.
Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden både som følgje av internasjonale handelsavtalar og gjennom den aukande grensehandelen. Det har særleg vore ein auke i importen av foredla landbruksvarer dei seinare åra.
Det går føre seg fleire internasjonale forhandlingsprosessar, både i WTO og EØS, som er viktige for importen av landbruksvarer til Noreg. Forbrukarane stiller krav som òg gir auka etterspurnad etter utanlandske produkt. Auka internasjonal konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri ovanfor store utfordringar om ein skal kunne halde sin del av marknaden.
I 2000 blei det i tråd med gjeldande regelverk innleia nye forhandlingar i WTO om jordbruk, tenester og immaterielle rettar (den såkalla innebygde dagsorden). På jordbruksområdet var forhandlingsmandatet nedfelt i artikkel 20 i den gjeldande landbruksavtalen. På WTO sin fjerde ministerkonferanse i Doha i november 2001 var det semje om å setje i gong ein ny brei forhandlingsrunde som omfattar tenester, jordbruk, visse handelsrelaterte sider ved immaterielle eigedomsrettar (TRIPS), marknadstilgang for industrivarer, regelverket (m.a. for antidumping), handel og miljø, samt oppfølging av utviklingslanda sine krav knytt til eksisterande avtaleverk. Jordbruk er eit sentralt område i forhandlingane. For Noreg er det ein overordna målsetjing å sikre fortsatt handlingsrom til å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk i samsvar med våre prioriteringar. Frå norsk side har ein lagt avgjerande vekt på behovet for nasjonal produksjon for å sikre dei ikkje-handelsmessige omsyna, slik som distriktsomsyn, matvaretryggleik, vern av kulturlandskap og det biologiske mangfald. For å tryggja ein berekraftig produksjon er det heilt avgjerande at vi i størst mogleg grad kan vidareføre importvernet og sikra eit tilstrekkeleg handlingsrom for internstøtta i landbruket. Frå norsk side vil det framover bli lagt stor vekt på alliansebyggande tiltak og samarbeid med likesinna land med sikte på å sikra eit forhandlingsresultat mest mogleg i tråd med norske interesser.
Artikkel 19-avtala med EU om utvida handel med landbruksvarer blei sett i verk frå 01.07.2003, jf. St.prp. nr. 71 (2002-2003) Om samtykke til inngåelse av avtale med Det europeiske fellesskap (EF) om utvidet handel med landbruksvarer etter EØS-avtalens artikkel 19 og Innst. S. nr. 286 (2002-2003). Avtala vil auke handelen med enkelte landbruksprodukt mellom Noreg og EU. Viktige produkt i avtala er ost og kjøtt. For ost blei kvoten gjensidig utvida til ei årleg mengde på 4000 tonn. Heile kvoten er tollfri. For kjøtt er dei nye gjensidige tollfrie kvotane på 800 tonn.
Protokoll 3 til EØS-avtala om handel med foredla landbruksvarer blei vedteke hausten 2001 og sett i verk 01.01.2002. Etter ei erklæring i Protokoll 3 skal industrielementet i tollsatsane avviklast frå 01.07.2004, dvs. toll som går utover det som er nødvendig for å utjamne forskjell i råvarepris. Noreg og Kommisjonen førte forhandlingar om dette hausten 2002 og kom fram til ei avtale rett før jul. Medlemslanda i EU har enno ikkje gitt sin tilslutning til denne avtala.
Innafor ramma av EFTA er det inngått frihandelsavtale med Chile. Det pågår forhandlingar med Egypt, Tunis og Sør-Afrika. Desse frihandelsavtalene omfattar gjensidige konsesjonar, òg på landbruksområdet.
Det internasjonale skogpolitiske arbeidet er ei viktig drivkraft for å sikre ei berekraftig skogforvaltning. Dette arbeidet har direkte verknad for skogbruket og skogindustrien i Noreg og for utforminga av den nasjonale skogpolitikken. Regjeringa legg opp til at Noreg skal delta aktivt i internasjonal skogpolitikk og medverke konstruktivt til utvikling av berekraftig skogforvaltning globalt. Det er i tillegg viktig å sikre at internasjonale avtaler tek omsyn til norske interesser. Ein aktiv internasjonal innsats frå styresmaktene si side kan òg sikre norske interesser og verksemder i utlandet, og samstundes oppmuntre til opparbeiding av internasjonal skogkompetanse som kan vere nyttig nasjonalt.
Dei viktigaste prosessane for Noreg er Skogforumet i FN (United Nations Forum on Forests), Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa, FN-konvensjonen om biologisk mangfald og FN sin klimakonvensjon og Kyoto-protokollen. Spørsmål om skogvern og trygging av det biologiske mangfaldet, skogen si rolle i samanheng med klimaendringar, energiproduksjon og berekraftig produksjon og forbruk er sentrale i desse prosessane. Problem knytt til finansiering av tiltak for berekraftig skogforvaltning og internasjonal handel med skogprodukt står og sentralt. Noreg tek aktivt del i arbeidet internasjonalt og spelar saman med dei andre nordiske landa ei viktig rolle i utviklinga av arbeidet på europeisk og globalt plan.
Som ein del av mat- og landbrukspolitikken legg departementet stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Oppfølginga av Noreg sine internasjonale forpliktingar på området, under dette sikre genetiske ressursar gjennom bevaring og berekraftig utnytting og gjennom ei rettferdig fordeling av godane dei medverkar til, står sentralt i arbeidet. Departementet vil delta aktivt i Nordisk genressursråd. Departementet legg òg vekt på det nordiske samarbeidet knytt til dei nordiske genbankane for husdyr og planter, og samarbeid om genreressursar i skog. Departementet vil følgje opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og FN sin konvensjon om biologisk mangfald. Arbeidet med å førebu gjennomføring av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar innafor mat og jordbruk vil ha stor vekt.
1.4 Modernisering, forenkling og effektivisering av mat- og landbruksforvaltninga
Som ledd i regjeringa sitt program for modernisering, forenkling og effektivisering av offentleg sektor, er det sett i gang ei rekkje tiltak for auka fokus på borgar og forbrukar, styrking av lokaldemokratiet og forenkling av verkemidla innafor landbrukspolitikken.
Tiltaka omfattar både omorganiseringar i forvaltninga, forenkling i verkemiddelbruken og endringar i arbeidsform og kommunikasjon med brukarar av forvaltninga. I tillegg er det sett i gang ei ny satsing, Landbruk Pluss, som skal leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet og attraktive bustader i bygdene parallelt med strukturendringar i landbruket. Satsinga vil òg stø opp under forenkling av verkemidla og styrking av lokaldemokratiet.
Ny organisering av matforvaltninga
Stortinget har ved fleire høve behandla spørsmål knytt til matforvaltningsreforma. Stortinget tok såleis stilling til hovudspørsmåla knytt til reforma i samband med behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003). Hovudelementa i reforma er:
modernisering av lovgivinga og resten av regelverket
restrukturering av departementsansvaret - fagleg og administrativt
organisering av eit nytt felles mattilsyn for all matproduksjon - Mattilsynet
reorganisering av Mattilsynet sine støttefunksjonar
Samstundes er endring av finansieringa av matforvaltninga òg ein del av reforma.
Helsedepartementet la våren 2003 fram Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven). Den nye matlova vil erstatte 13 lover. Det administrative ansvaret for det nye tilsynet skal leggjast til Landbruksdepartementet, medan den faglege instruksjonsmyndigheita skal vere fordelt mellom Fiskeridepartementet, Helsedepartementet og Landbruksdepartementet.
Stortinget har gjennom behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003) tatt stilling til hovudprinsippa for den framtidige organiseringa av dei faglege støttefunksjonane til Mattilsynet. Desse prinsippa blir følgt opp i budsjettframlegget.
Det nye Mattilsynet skal organiserast med tre ledd. Eit sentralt ledd, eit regionalt ledd og eit lokalt ledd. Eit overordna prinsipp i organiseringa er at regionskontora i tillegg til koordinering av verksemda lokalt òg skal utføre faglege og administrative oppgåver for Mattilsynet. Samla sett er dette ein svært stor reform. Det er i alt om lag 1 300 tilsette i det nye Mattilsynet. Ny organisering av den offentlege matforvaltninga er nærare omtalt under programkategoriane 15.00 og 15.10.
Omorganisering av jordskifterettane
Jordskifterettane blir omorganiserte og moderniserte i tråd med stortingsvedtak i 2001 og 2002. 18 fylkesjordskiftekontor, 7 jordskifterettar og ein jordskifteoverrett er lagt ned og 2 jordskifteoverrettar er flytta. Endringane vil vere gjennomførte i 2005, og overgangsordningar vil bli fullført i 2006.
NOU 2002:9: Jordskifterettens stilling og funksjoner har vore ute på høyring, og regjeringa har fremma forslag for Stortinget i Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) som i all hovudsak byggjer på fleirtalsframlegga i NOU 2002:9. Hovudkonklusjonar er m.a. at jordskifteretten framleis skal vere særdomstol, og at administrasjonen av jordskifterettane skal flyttast frå Landbruksdepartementet til Domstolsadministrasjonen. Flyttinga er tidlegare planlagt gjennomført 01.01.2005. I denne proposisjonen blir flyttinga på grunn av budsjettsituasjonen foreslått utsett til 01.01.2006. Nærare omtale om dette er gitt under programkategori 15.30 og kap. 1145.
Organisatoriske endringar innan landbruksforskinga
Som ei oppfølging av evalueringa av forsking og relevant høgre utdanning på landbrukssektoren i 2001, blei det frå 01.09.2003 etablert ein interimsorganisasjon, som skal arbeide med å etablere eit selskap for den FoU- og analyseverksemda som i dag er drive av dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk innafor planteproduksjon, matvaretryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. NLH deltar òg i dette arbeidet, jf. kat. 15.20. Ei samordning av dei tre institutta skal gjennomførast seinast 01.01.2005.
Departementet har i 2003 arbeidd med spørsmålet om framtidig tilknytingsform for Skogforsk. Ein vil ta ei breiare vurdering av organisatoriske spørsmål og endeleg forslag til tilknytingsform for Skogforsk vil bli fremma i løpet av 2004, jf. kat. 15.20.
Nye arbeidsformer - kommunikasjon - forbrukarorientering
Informasjonsverksemda i Landbruksdepartementet skal vere open og tilgjengeleg. Offentlegheit og innsyn er sentrale demokratiske verdiar som medverkar til auka kompetanse og med det større brukar- og forbrukarmakt.
Ein handlingsplan for forbrukarorientering av matpolitikken blei utvikla i 2001. Denne handlingsplanen har ført til at ei rekkje tiltak har blitt sett i gong for å skaffe informasjon om forbrukarane sine meiningar om matpolitikken, og i tillegg gi forbrukarane og styresmaktene moglegheit til å komme i dialog med kvarandre. Revidert utgåve av handlingsplanen vil kome hausten 2003. Sjå nærare omtale under kat. 15.00. Overordna målsetjing for forbrukarorienteringa er at norske forbrukarar skal vere bevisste på matområdet og ha høg tillit til forvaltninga.
Landbruksdepartementet må kjenne til kva for kunnskap og haldningar som gjer seg gjeldande i høve til mat- og landbruksområdet. Det blir derfor jamleg gjennomført ulike undersøkingar og granskingar, samstundes som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt til ulike miljø og samfunnssektorar.
Elektronisk forvaltning og effektivisering ved hjelp av IKT
Landbruksdepartementet vil leggje til rette og vere ein pådrivar for utforminga av nettbasert informasjon og elektronisk saksbehandling.
Regjeringa sin plan for IT-politikk; eNoreg 2005 set krav om at IKT skal brukast for å modernisere offentleg sektor. Innan utgangen av 2004 skal alle offentlege etatar kunne ta i mot elektroniske innrapporteringar frå næringslivet, samstundes som ein skal tilby elektroniske tenester som er enkle å nytte og fremmer dialog.
Regjeringa sin IT-politikk blir følgt opp innafor mat- og landbrukssektoren gjennom fleire tiltak. Det vil bli etablert brukarorienterte løysingar for elektroniske innrapporteringar og innsendingar av søknader frå næringslivet, samtidig som ein skal tilby internettbaserte informasjonstenester som skal forenkle kvardagen til næringsutøvarane og fremme dialogen med borgarane, jf. omtale under kat. 15.00.
Styrking av lokaldemokratiet på landbruksområdet
For å få best mogleg lokal tilpassing av dei nasjonale verkemidla i landbruket, legg Landbruksdepartementet opp til at kommunane i større grad skal bli ein aktiv landbrukspolitisk aktør, gjennom desentralisering av meir styresmakt og ansvar for gjennomføringa av landbrukspolitikken frå 01.01.2004, jf. St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgåver for lokal demokratiet - regionalt og lokalt nivå. Målet er å stimulere til lokal forankring, kjennskap og aksept for viktige landbrukspolitiske målsetjingar. Gjennom reforma skal kommunane få større handlingsrom og det skal leggjast til rette for eit sterkare lokaldemokrati på landbruksområdet. Gjennom denne reforma synleggjer Landbruksdepartementet både tillit og forventningar til kommunane i forhold til det utvida ansvarsområde dei får.
Fylkesmennene får her ei sentral rolle i å ha kontakt og dialog med kommunane. Fylkesmannsembeta er ansvarlege for gjennomføringa av den nasjonale landbrukspolitikken på regionalt nivå. Dei er viktige aktørar i forvaltninga av mat- og landbrukspolitikken. Fylkesmannen skal vere eit regionalt kompetansesenter for kommunane, fylkeskommunen, næringa og andre regionale statsetatar og stimulere til fellestiltak, samordning, nyskaping og verdiskaping, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for AAD, kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Forenklingar av økonomiske verkemiddel
I arbeidet med å forenkle dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen, blir det fokusert på to ulike områder. For det første er det ønskeleg å forenkle verkemiddelsystemet som ligg til jordbruksavtalen. I tillegg vil ein forenkle forhold knytt til forhandlingsinstituttet i jordbruksavtalen, kor økonomiske verkemiddel utan direkte eller indirekte inntektsverknad for jordbruket, blir flytta ut av avtalen og over til den ordinære budsjettprosessen.
For nærare omtale av arbeide med målretting og forenkling, sjå òg omtale under kap. 1150 og kat. 15.30 og St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 - endringar i statsbudsjettet for 2003 m.m.
Ein legg òg opp til forenklingar av dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Reindriftsavtalen 2003/2004 inneber at tilskota til driftseiningar og tamreinlag blir lagt om vesentleg frå ordningar som i stor grad har vore faste beløp pr. driftseining til ordningar som premierer produksjon og verdiskaping.
Målsetjinga med omlegginga er å få auka produksjon og verdiskaping i næringa og dermed på sikt større økonomisk berekraft. Vidare er det eit mål å få til eit meir forenkla og effektiv tilskotssystem.
SND har, på oppdrag frå Landbruksdepartementet, utarbeida ein handlingsplan for mindre næringsmiddelbedrifter og rapporten blei sluttførd i 2003. Handlingsplanen inngår som ein del av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon.
Det blir fokusert på å:
identifisere hindringar og flaskehalsar som er til hinder for oppstart og drift av mindre næringsmiddelbedrifter
utvikle samarbeidskonstellasjonar mellom offentlege instansar og mindre næringsmiddelbedrifter som vil leggje til rette for bedriftsetablering.
Forenkling av lover og forskrifter
I samband med opprettinga av Mattilsynet har Helsedepartementet i samarbeid med Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet, fremma Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet m.v. (matloven) for Stortinget. Loven vil femne om heile matkjeda og erstatte 13 av lovene på området. I den samanheng vil òg forskriftene bli revidert.
Arbeid med forenkling av husdyrkonsesjonslova og regelverk som høyre til denne held fram. Målet med revideringa av husdyrkonsesjonsregelverket har vore å forenkle regelverket og gjere det meir brukarvennleg, få ein betre regelstruktur, redusere ressursbruken for forvaltninga, oppdatere reglane i høve til den utviklinga som har funne stad i husdyrproduksjonen og auke fleksibiliteten for produsentane/næringsdrivande.
Ny konsesjonslov blei lagt fram for Stortinget i vårsesjonen 2003. Forslag til endring omfattar konsesjonsplikta sitt omfang for eigedommar med sikte på å auke konsesjonsfridomen.
Det er sett i gang eit arbeid med revisjon av skogloven som vil kunne innebere forenklingar for næringslivet gjennom færre forskrifter og enklare regelverk. Ein tek sikte på å sende forslaget på høring hausten 2003.
Regjeringa tek sikte på å foreslå endringar i reindriftslova i stortingssesjonen 2003-2004. Formålet med endringane vil vere å lage ei reindriftslov som er meir i tråd med reindrifta sin kultur og tradisjonar så langt det er naturleg og føremålsteneleg. Samstundes tek ein sikte på å forenkle regelverket.
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
Mat- og landbruksforvaltning m.m. | |||||
1100 | Landbruksdepartementet (jf. kap. 4100) | 113 611 | 115 731 | 117 048 | 1,1 |
Sum kategori 15.00 | 113 611 | 115 731 | 117 048 | 1,1 | |
Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse | |||||
1107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107) | 275 655 | 294 800 | -100,0 | |
1110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110) | 120 975 | 105 661 | -100,0 | |
1112 | Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m. | 171 358 | 168 804 | 117 425 | -30,4 |
1114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114) | 246 406 | 230 776 | -100,0 | |
1115 | Mattilsynet (jf. kap. 4115) | 90 000 | 1 098 348 | 1 120,4 | |
Sum kategori 15.10 | 814 394 | 890 041 | 1 215 773 | 36,6 | |
Forsking og utvikling | |||||
1137 | Forsking og utvikling | 279 737 | 298 173 | 309 108 | 3,7 |
Sum kategori 15.20 | 279 737 | 298 173 | 309 108 | 3,7 | |
Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar | 13 600 | |||
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 23 496 | |||
1140 | Miljø- og næringstiltak i jordbruket | 53 931 | 54 848 | -100,0 | |
1141 | Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 32 855 | |||
1142 | Miljø- og næringstiltak i skogbruket | 117 403 | 74 138 | -100,0 | |
1143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143) | 178 586 | 163 736 | 314 701 | 92,2 |
1144 | Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket | 10 313 | |||
1145 | Jordskifterettane (jf. kap. 4145) | 145 056 | 142 967 | 145 583 | 1,8 |
1146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146) | 77 516 | 65 634 | 62 793 | -4,3 |
1147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147) | 39 635 | 41 834 | 52 797 | 26,2 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring | 117 808 | 90 356 | 96 089 | 6,3 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 341 066 | |||
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150) | 12 689 699 | 11 729 165 | 11 183 949 | -4,6 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 104 798 | 100 900 | 95 000 | -5,8 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift | 23 186 | 23 377 | 24 075 | 3,0 |
Sum kategori 15.30 | 13 547 618 | 12 486 955 | 12 396 317 | -0,7 | |
Forretningsdrift | |||||
1170 | Statkorn Holding ASA | 2 645 | |||
Sum kategori 15.40 | 2 645 | ||||
Sum programområde 15 | 14 758 005 | 13 790 900 | 14 038 246 | 1,8 | |
Sum utgifter | 14 758 005 | 13 790 900 | 14 038 246 | 1,8 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
Mat- og landbruksforvaltning m.m. | |||||
4100 | Landbruksdepartementet (jf. kap. 1100) | 3 152 | 401 | 415 | 3,5 |
Sum kategori 15.00 | 3 152 | 401 | 415 | 3,5 | |
Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse | |||||
4107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107) | 43 916 | 25 678 | -100,0 | |
4110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110) | 99 468 | 88 050 | -100,0 | |
4114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114) | 227 865 | 316 413 | -100,0 | |
4115 | Mattilsynet (jf. kap. 1115) | 654 206 | |||
Sum kategori 15.10 | 371 249 | 430 141 | 654 206 | 52,1 | |
Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping | |||||
4143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143) | 33 060 | 23 896 | 28 256 | 18,2 |
4145 | Jordskifterettane (jf. kap. 1145) | 9 535 | 13 182 | 14 657 | 11,2 |
4146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146) | 33 755 | 17 402 | 18 028 | 3,6 |
4147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147) | 3 331 | 28 | 29 | 3,6 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150) | 201 822 | 122 000 | 145 000 | 18,9 |
5545 | Miljøavgifter i landbruket | 56 148 | 40 000 | 40 000 | 0,0 |
5571 | Totalisatoravgift | 93 642 | 92 500 | 92 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.30 | 431 293 | 309 008 | 338 470 | 9,5 | |
Forretningsdrift | |||||
5614 | Renter av lån til landbruksformål | 3 651 | |||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks_departementet | 765 | 750 | 750 | 0,0 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF | 13 000 | 8 500 | 8 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 17 416 | 9 250 | 9 250 | 0,0 | |
Sum programområde 15 | 823 110 | 748 800 | 1 002 341 | 33,9 | |
Sum inntekter | 823 110 | 748 800 | 1 002 341 | 33,9 |
1.5 Oversikt over bruk av stikkordet "kan overførast"
Under Landbruksdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2003 | Forslag 2004 |
1138 | 70 | Støtte til organisasjonar | 13 600 | |
1139 | 70 | Tilskott til genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 23 496 | |
1140 | 77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. | 4 702 | |
1142 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 9 268 | |
1142 | 76 | Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket | 6 842 | |
1143 | 70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren | 2 123 | 1 036 |
1143 | 71 | Tilskott til små slakteri | 360 | 4 100 |
1143 | 74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering | 15 267 | |
1144 | 77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. | 10 313 | |
1145 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 000 | |
1147 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 3 548 | 13 222 |
1148 | 70 | Tilskott til sikringstiltak m.m. | 15 179 | 21 089 |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 39 000 | |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 21 798 | 250 500 |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 36 913 | 6 778 685 |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 187 792 | 228 710 |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 78 791 | 1 633 354 |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 591 | 51 100 |
Løyvingane under kap. 1139 post 70, kap. 1143 post 74 og kap. 1144 post 76 og 77 er støtte til prosjekt som kan strekkje seg over fleire år. Kap. 1148 post 70 gjeld tilskott til investeringar med treårig arbeidsfrist. Kap. 1143 post 70 og 71 gjeld utbetalingar som kan falle i to budsjettår. Når det gjeld postane under kap. 1150 og 1151, er dette løyvingar fastsett i næringsavtalar som er inngått mellom staten og næringsorganisasjonane der staten har ansvar eller at utbetalingane av ymse grunnar fell i to kalenderår.