Del 2
Budsjettframlegg
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Mat- og landbruksforvaltning m.m.
For å nå regjeringa sine mål for mat- og landbrukspolitikken er det avgjerande å ha ein offentleg sektor som fungerer og som har sterk legitimitet.
Strategiske mål for mat- og landbruksforvaltninga er:
Sikre ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i høve til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.
Utvikle verkemiddel som forenklar tilhøva for næringsverksemd, stimulerar til levande bygder og busetjing og sikrar rettstryggleiken til den einskilde.
Vidareutvikle mat- og landbruksforskinga som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping, og kommersialisering.
Mat- og landbruksforvaltninga skal leggje til rette for at næringsutøvarane har ei sjølvstendig rolle i produksjon av eit stort mangfald av trygge matvarer, fellesgode, tenester og ander produkt basert på landbruket og bygdene sine samla ressursar.
Mat- og landbruksforvaltninga har tre hovudmålgrupper for si verksemd: borgarar, brukarar og forbrukarar. Borgarrolla dreier seg om demokratiske rettar i samfunnet, deltaking i den politiske prosessen og individet sin rett knytt til samfunnsdeltaking. Brukarrolla dreier seg om forvaltninga sine brukarar som har plikter eller rettar knytt til departementet sitt forvaltningsområde, til dømes næringsutøvarar, næringsmiddelindustri og matvarekjeder. Forbrukarrolla er knytt til individet si rolle som kjøpar av produkt og tenester og rettar og pliktar som er knytt til dette. Trygg mat som ein menneskerett, reieleg frambod, kvalitet og mangfald er knytt til forbrukarrolla.
Forvaltninga, som er desentralisert med etatar og institusjonar over heile landet, har som hovudmål å gjennomføre og utvikle både matpolitikken og landbrukspolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos borgarane, brukarane og næringsutøvarane, samstundes som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen.
Grunnlaget og kunnskapen for å utvikle ny næringsaktivitet og attraktive bustader i bygdene parallelt med strukturendringar i landbruket ligg i ein aktiv utnytting av dei lokale høva. Dette krev ein lokal forståing og tilpassing av dei nasjonale verkemidla, og auka desentralisering av myndigheit og ansvar for gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken. Forvaltninga må derfor stimulere til lokal forankring og aksept for viktige politiske mål i samspel med eit forsterka lokaldemokrati på landbruksområdet.
Mattilsynet blir oppretta 01.01.2004. Mattilsynet er resultatet av at Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn, jf. kap. 1107, 1110 og 1114, blir slått saman til Mattilsynet. For desse kapitla vil ein derfor berre vise tal for saldert budsjett i 2003 då departementet ikkje gjer framlegg om å løyve midlar over desse kapitla i 2004. I tillegg kjem netto overføringar frå Fiskeridepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet på 212 mill. kroner, auka løyving til omstilling og etablering på 103 mill. kroner, tiltak for å sikre at forbrukarane får trygge matvarer på 26,5 mill. kroner, samt reduksjonar knytt til flyttingar av erstatningsordningar og andre endringar av teknisk karakter. I tillegg blir det fremma forslag om at Mattilsynet i 2004 kan foreta bestillingar ut over gitt løyving med inntil 37 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Tabell 2.1 Oversikt over utgifter til mat- og landbruksforvaltning .
(i 1000 kroner) | |||
---|---|---|---|
Kap/post | Verksemd | Saldert budsjett 2003 | Framlegg 2004 |
1100/01 | Landbruksdepartementet | 110 330 | 111 531 |
1107/01 | Statens dyrehelsetilsyn | 215 082 | |
1110/01 | Statens landbrukstilsyn | 105 661 | |
1114/01 | Statens næringsmiddeltilsyn | 230 776 | |
1115/01 | Mattilsynet | 90 000 | 1 031 698 |
1143/01 | Statens landbruksforvaltning | 144 267 | 144 748 |
1145/01 | Jordskifterettane | 142 967 | 143 583 |
1146/01 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging | 65 634 | 62 793 |
1147/01 | Reindriftsforvaltninga | 35 940 | 35 741 |
Sum | 1 140 657 | 1 530 094 |
Status for området, mål og tiltak
Modernisering, forenkling og effektivisering, ei effektiv mat- og landbruksforvaltning
Ny organisering av matforvaltninga
Stortinget har ved fleire høve behandla spørsmål knytt til matforvaltningsreforma. Stortinget tok såleis stilling til hovudspørsmåla knytt til reforma i samband med behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002) og St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003). Hovudelementa i reforma er:
modernisering av lovgivinga og resten av regelverket
restrukturering av departementsansvaret - fagleg og administrativt
organisering av eit nytt felles mattilsyn for all matproduksjon - Mattilsynet
reorganisering av Mattilsynet sine støttefunksjonar
Samstundes er endringa av finansieringa av matforvaltninga òg ein del av reforma.
Mattilsynet er etablert som ein interimsorganisasjon i 2003. Administrerande direktør er tilsett og har leia arbeidet med å førebu Mattilsynet på å overta forvaltningsansvaret på matområdet frå 01.01.2004. Arbeidet med etablering av administrative system og kontor skjer i høve til plan.
Det nye Mattilsynet skal organiserast med tre ledd. Eit sentralt ledd, eit regionalt ledd og eit lokalt ledd. Arbeidsplassane i Mattilsynet vil i all hovudsak liggje på regions- og distriktsnivå med kun eit slankt hovudkontor (ca. 130) tilsette lokalisert i Oslo. Eit overordna prinsipp i organisasjonen er at regionkontor i tillegg til koordinering av verksemda lokalt óg skal utføre nasjonale faglege og administrative oppgåver i Mattilsynet. Samla sett er dette ein stor reform. Det er i alt om lag 1 300 tilsette i det nye Mattilsynet med eit budsjett på om lag 1 032 mill. kroner.
Det er eit mål at matforvaltningsreforma skal gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Ein viser til nærare omtale av omorganiseringa av den offentlege matforvaltninga under kat. 15.10.
Organisatoriske endringar innan mat- og landbruksforskinga, jf. kat. 15.20
Det går føre seg eit arbeid med samordning av Planteforsk, Jordforsk og NORSØK til ein organisasjon som er operativ seinast frå 01.01.2005. Landbruksdepartementet, i samråd med Miljøverndepartementet og dei 3 forskingsinstitutta, har oppretta ei interimsorganisasjon som har ansvaret for prosessen. I løpet av 2004 blir Skogforsk si framtidige tilknytingsform avgjort.
Omorganisering av jordskifterettane
I Innst. S. nr. 8 (2001-2002) slutta Stortinget seg til framlegget om omorganisering og modernisering av jordskifterettane og jordskifteoverrettane. Storparten av omorganiseringa har vore gjennomført med verknad frå 31.12.2001 og frå 31.12.2002. Den siste endringa blir gjort seinast 28.02.2005, jf. omtale under kap. 1145.
I samband med denne omorganiseringa tek ein sikte på å flytte seksjon Jordskifte i Avdeling for skog og ressurspolitikk i Landbruksdepartementet til Domstolsadministrasjonen frå 01.01.2006. Ansvaret for Jordskifterettane blir samstundes ført over til Justisdepartementet, jf. omtale under kap. 1145.
Fokus på borgar, brukar og forbrukar
Nye arbeidsformer - kommunikasjon rundt mat- og landbrukspolitikken- forbrukarorientering
Informasjonsverksemda i Landbruksdepartementet skal vera open og tilgjengeleg. Offentlegheit og innsyn er sentrale demokratiske verdiar som medverkar til auka kompetanse og med det større brukar- og forbrukarmakt.
Ein handlingsplan for forbrukarorientering blei utarbeidd i 2001. Denne planen gir ein oversikt over Landbruksdepartementet sine mål, strategiar og tiltak for forbrukarorientering av departementets del av matpolitikken. Eit sentralt tiltak i denne planen har vore etableringa av dei matpolitiske forbrukarpanela. Sju panel på ulike stader i landet diskuterar matpolitiske saker og gi råd til styresmaktene. Bak opprettinga av panela står Landbruksdepartementet i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet og Fiskeridepartementet. Dei første diskusjonssamlingane er gjennomført og resultata er samla i ein rapport. Arbeidet med forbrukarpanela skal evaluerast i 2004.
Arbeidet med ein matportal på Internett har òg vore sentralt. Den var ferdig i mai 2003, med mattryggleik som hovudfokus. Portalen skal vere ein inngang til forbrukarorientert informasjon, omhandle risikovurderingar og forslag til handtering i høve til dette innan matområdet.
Handlingsplanen for forbrukarorientering blei revidert hausten 2003 og sentralt for arbeidet vidare vil vere:
Auka kompetanse blant forbrukarane med omsyn til matpolitikk, matforvaltning, matproduksjon og mattryggleik.
Vidareutvikle risikoanalyse som verktøy med spesielt fokus på risikokommunikasjon.
Heilskapleg og aktiv kommunikasjon mellom styresmaktene og forbrukarar.
Nasjonalt og internasjonalt samarbeid.
Skal Landbruksdepartementet lukkast i målet om demokratisk deltaking, må det satsast på å ta i bruk ny kommunikasjonsteknologi. Det inneber m.a. auka satsing og betre samordning av nettinformasjonen i mat- og landbruksforvaltninga. Brukarane må få brei informasjon av høg kvalitet og nye interaktive tenester. Ein tek sikte på ein sams nettstrategi for mat- og landbruksforvaltninga som Landbruksdepartementet tek initiativ til og koordinerer. Dette føreset betre samordning og bruk av ressursar der ein ser Landbruksdepartementet og dei ulike forvaltningsinstitusjonane i samanheng. Departementet arbeider ut i frå ei målsetning om å auke talet på besøk på eigne nettsider på ODIN med 20 pst. i 2003 og tilsvarande i 2004. Formålet er òg å fange opp ei breiare brukargruppe der informasjonen og tenestene etter kvart kan leggjast til rette for skole og undervisning.
Landbruksdepartementet må kjenne til kva for kunnskap og haldningar som gjer seg gjeldande i høve til mat- og landbruksområdet. Det blir derfor jamleg gjennomført ulike undersøkingar og granskingar, samstundes som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt til ulike miljø og samfunnssektorar.
Kommunikasjon av risiko knytt til mat til forbrukarane er framleis eit prioritert område. Landbruksdepartementet vil vere ein pådrivar for at norske mat- og landbruksstyresmakter har høg kompetanse om og praktiserer god risikokommunikasjon.
Elektronisk forvaltning og effektivisering ved hjelp av IKT
Landbruksdepartementet vil leggje til rette og vere ein pådrivar for utforming av nettbasert informasjon og elektronisk saksbehandling.
Føremålet er å effektivisere forvaltninga og gi forenklingsvinster for næringsdrivande og tilsynsobjekt. Brukarretting vil vere ein viktig faktor. Det er elles eit mål at departementet sine underliggjande etatar skal kunne ta i mot elektroniske innrapporteringar innan utgangen av 2004.
Følgjande tiltak innafor mat- og landbruksforvaltninga er prioritert:
Samordning av fleire av verkemidla for landbruket i Statens landbruksforvaltning har gjort det enklare å arbeide med utvikling av elektroniske forvaltningsløysingar, mellom anna når det gjeld produksjonstilskotta i landbruket. Utviklinga av elektroniske forvaltningsløysingar skal gjera det lettare for næringsutøvarane å kommunisere med forvaltninga både med innsending av søknader og innrapportering, samstundes som elektroniske løysingar skal medverke til ei meir effektiv forvaltning, jf. nærare omtale under kap. 1143.
Vidareføre etablering og ajourføring av digitale marklagskart slik at karta kan gjerast egna til å fastleggje storleiken på jordbruksareal som mottek arealtilskott.
Landbruksdepartementet vil medverke til den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon gjennom ajourhald av eksisterande digitale kart og vidare kartlegging av landbruksområde. Kommunane får auka myndigheit, og ein vil arbeide aktivt for at forvaltninga skal få betre tilgang til geodata tilpassa dei oppgåver som skal løysast på kommune- og fylkesnivå. Dette skal gi raskare saksbehandling og betre kvalitet på dei avgjerslene som blir tatt, samtidig som informasjonen til allmenta og næringsutøvarane blir betre.
Mattilsynet skal utvikle elektroniske saksbehandlingssystem og fagsystem som opnar for elektronisk samhandling med tilsynsobjekta
Innføring av elektronisk saksbehandling i departementet.
Styrking av lokaldemokratiet på landbruksområdet
Alle saker etter konsesjonslova, skoglova (unntatt vedtaksmyndigheit tilknytt verneskoggrenser), delingssaker etter jordlova og vedtaksmyndigheit for investeringsverkemidla under Landbrukets utviklingsfond (miljøretta verkemiddel og verkemiddel til skogordningane), skal overførast til kommunane frå 01.01.2004, jf. Stortinget si behandling av St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå. Landbruksdepartementet si oppfølging av stortingsmeldinga er ein sentral del av den kommuneretta satsinga på landbruksområdet. Landbruksdepartementet samarbeider nært med Kommunenes Sentralforbund og Kommunal- og regionaldepartementet om gjennomføringa av reforma.
I dette arbeidet er det gjort ein gjennomgang av rapporteringa frå kommunane, og bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i landbrukets fagsystem. Føremålet har vore å lage eit effektivt rapporteringssystem. Departementet vil leggje KOSTRA til grunn som hovudrapporteringssystem.
Landbruksdepartementet ser det som særskilt viktig å vidareutvikle den landbrukspolitiske dialogen mellom kommunane, fylkeskommunane og Fylkesmannen i eit partnarskapsperspektiv. Landbruksdepartementet har derfor i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Kommunenes Sentralforbund i Rogaland utvikla ein grunnstruktur for ein slik forvaltningsdialog. Kvart fylkesmannsembete skal på bakgrunn av denne utvikle eit eige opplegg for forvaltningsdialog i samarbeid med kommunane og fylkeskommunane basert på dei utfordringar og behov som gjeld for kommunane i fylket.
Myndigheita i sakene etter jordlova, skoglova og konsesjonslova vil fyrst bli overført til kommunane ved retningslinjer gitt av Landbruksdepartementet. Landbruksdepartementet vil seinare ha ein gjennomgang av lovverket og mellom anna vurdere om myndigheit skal tilleggjast kommunane direkte i lov. I tilknyting til overføringa av oppgåver vil det bli utarbeida nye rundskriv om behandlinga av delingssaker og konsesjonssaker. Alle forskrifter og rundskriv knytt til overføringa av oppgåver til kommunane skal vere klar innan utgangen av oktober 2003.
Dei økonomiske verkemidla skal forvaltast i tråd med økonomiregelverket i staten og transaksjonar inngår i fagsystem som blir forvalta av Statens landbruksforvaltning. Desse systema skal og brukast etter overføringa av vedtaksmyndigheita til kommunane. Retningslinjene for dei ulike miljø- og skogordningane skal framleis liggje til grunn. Det blir lagt opp til at kommunane får tildelt ei samla ramme (miljø- og skogverkemiddel) for å få større moglegheit til å følgje opp lokale prioriteringar og behov. Kommunane må presentere fleirårige tiltaksstrategiar som gir oversikt over behovet for midlar. Konkret framgangsmåte for fordelinga av midlar skal skje i dialog mellom Fylkesmannen og den enkelte kommune.
Inntektssystemet for kommunane vil bli endra slik at ein skal sikre ein betre samanheng mellom ressurstildeling til kommunane og kommunane sine utfordringar og oppgåver på landbruk- og miljøområdet.
Fylkesmannen skal vere aktiv i å skape arenaer der Fylkesmannen, fylkeskommunane og kommunane kan møtast og utveksle erfaringar, gi tilbakemeldingar og formidle forventningar. Fylkesmannen skal formidle den nasjonale landbrukspolitikken og vere eit kompetansesenter generelt og for kommunane spesielt. Fylkesmannen skal bistå kommunane med kompetanseheving og rettleiing slik at ein opprettheld kvaliteten og måloppnåinga i løysninga på oppgåvene. Endringane som følgjer av kommunesatsinga fører til at Fylkesmannen og fylkeslandbruksstyret får ei sentral rettleiings- og rettstryggleiksrolle innan dei saksområde som blir overført. Fylkesmannen skal, som sekretariat for fylkeslandbruksstyret, behandle eventuelle klager over vedtak fatta av kommunen.
Ein viser til St.prp. nr. 66 (2002-2003) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2004.
Forenklingar av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen
I St.meld. nr. 19 (1999-2000) og i Innst. S. nr. 167 (1999-2000) er det lagt vekt på at det er nødvendig å gjere tilskottsordningane i jordbrukspolitikken enklare og meir målretta. Fleirtalet i Næringskomiteen var i Innst. S. nr. 167 (1999-2000) merksame på at ei forenkling av verkemidla vil føre til ulike utslag på ulike typar bruk, og la til grunn at partane i jordbruksoppgjeret skulle sørgje for ei gradvis gjennomføring av forenklingane gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane. Arbeidet i samband med dette har fokus på målretting av verkemidla over jordbruksavtalen samstundes som ordningane skal forenklast.
Når det gjeld forenklingar, blir det fokusert på to ulike områder. For det første har det blitt gjort forenklingar i verkemiddelsystemet som ligg til jordbruksavtalen, i tillegg har ein blitt einige om å forenkle forhandlingsinstituttet. Økonomiske verkemiddel utan direkte eller indirekte inntektsverknad for jordbruket er som ein følgje av jordbruksavtalen for perioden 2003-2004 flytta ut av avtalen og over til den ordinære budsjettprosessen.
Dette arbeidet blir sett i samanheng med Landbruk Pluss, jf. omtale under pkt. 1.3.1 Nye strategiar i landbrukspolitikken. For nærare omtale av arbeide med målretting og forenkling, jf. òg omtale under kat. 15.30, kap. 1149, kap. 1150 og St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 - endringer i statsbudsjettet for 2003 m.m.
Forenklingar av dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen
Ved forhandlingane om reindriftsavtalen for avtaleåret 2002/2003 blei partane einige om å gi Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) i oppdrag å gå gjennom ordningane med tilskott til driftseiningar og tamreinlag. Gjennomgangen skulle ta sikte på å foreslå omleggingar som gjer at ordningane i større grad stimulerer til ei reindrift som har marknadsretta produksjon og verdiskaping som mål. Rapporten Reindrift - nye verkemiddel, auka verdiskaping blei overlevert partane i november 2002. Reindriftsavtalen 2003/2004 er basert i vesentleg grad på tilrådingar frå NILF og medfører at tilskota til driftseiningar og tamreinlag blir lagt om vesentleg - frå ordningar som i stor grad har vore på faste beløp pr. driftseining, til ordningar som premierer produksjon og verdiskaping.
Målsetjinga med omlegginga er å få auka produksjon og verdiskaping i næringa og dermed på sikt ein større økonomisk berekraft. Vidare er det eit mål å få til eit meir forenkla og effektivt tilskottssystem.
Utforming av handlingsplan for mindre næringsmiddelbedrifter
SND har, på oppdrag frå Landbruksdepartementet, utarbeida ein handlingsplan for mindre næringsmiddelbedrifter og rapporten blei sluttførd i 2003. Ramma for arbeidet er avgrensa til å omfatte det offentlege ansvarsområdet; landbrukspolitiske verkemiddel, næringsmiddelregelverk og offentleg skjemavelde som er spesifikk for denne næringa. Handlingsplanen inngår som ein del av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, samstundes som den svarar på nokre av hovudutfordringane i satsinga Landbruk Pluss.
Målet er knytt til brukarretting og forenkling:
Identifisere hindringar og flaskehalsar som er til hinder for oppstart og drift av mindre næringsmiddelbedrifter.
Utvikle samarbeidskonstellasjonar mellom offentlege instansar og mindre næringsmiddelbedrifter som vil leggje til rette for bedriftsetablering.
For at dette skal la seg gjera, må både forvaltning og næringsmiddelproduksjonen vere med på å gjera dette mogleg.
Forenkling av lover og forskrifter
Arbeid med forenkling av husdyrkonsesjonslova med tilhøyrande regelverk held fram. Ny forskrift blei fastsett 11.04.2003 medan forslag til ny lov blei oversendt til Stortinget i mai 2003. Målet med revideringa av husdyrkonsesjonsregelverket har vore å forenkle regelverket og gjere det meir brukarvennleg, få ein betre regelstruktur, redusere ressursbruken for forvaltninga, oppdatere reglane i høve til den utviklinga som har funne stad i husdyrproduksjonen og auke fleksibiliteten for produsentane/næringsdrivande.
Ny konsesjonslov blei lagt fram for Stortinget i vårsesjonen 2003. Forslaget til ny lov omfattar konsesjonsplikta sitt omfang for eigedommar med sikte på å auke konsesjonsfridomen.
Det er sett i gang eit arbeid med revisjon av skoglova som vil kunne medføre forenklingar for næringslivet i høve til færre forskrifter og enklare regelverk. Ein tek sikte på å sende forslaget på høring hausten 2003.
I samband med etableringa av Mattilsynet har Helsedepartementet i samarbeid med Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet fremma Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) for Stortinget. Den nye matlova vil femne om heile matkjeda frå jord og fjord til bord og erstatte 13 av lovene vi har på matområdet i dag.
Eit forslag til revisjon av reindriftslova har vore på høyring og Sametinget drøfta forslaget under si plenumsamling i februar 2003. Departementet tek sikte på å fremme ein proposisjon så snart som mogleg. I dette arbeidet ser ein det som viktig å lage ei reindriftslov som er meir i tråd med reindrifta sin kultur og sine tradisjonar så langt det er naturleg og føremålsteneleg. Vidare er det viktig å oppnå forenklingar og at lova fungerer på ein god måte i høve til næring og forvaltning.
Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk
Landbruksdepartementet har gjennom fleire år arbeidd målretta med leiarutvikling. Ein har lagt vekt på å sjå leiarutviklinga i samanheng med omstillinga som mat- og landbruksforvaltninga no gjennomgår m.o.t. roller og oppgåver. I arbeidet med å auke leiarkompetansen nyttar ein òg ymse andre verkemiddel, som leiarkontraktar, resultatlønn, leiarevalueringar og haldningsarbeid for å styrkje leiarkompetansen i departementet og forvaltninga.
Departementet har utforma ein handlingsplan for å få fleire kvinnelege leiarar i mat- og landbruksforvaltninga. Dette vil framleis vere eit prioritert område.
Ei vellukka omstilling i mat- og landbruksforvaltninga vil vere tufta på motivasjonen og innsatsen til dei tilsette. Det er viktig at arbeidstakarane kan delta aktivt i omstillingsarbeidet slik at ein kan ivareta så mange omsyn som mogleg. Samstundes må kompetansen utviklast i samband med endringane slik at dei tilsette kan tilpassa seg ein eventuell ny arbeidssituasjon på ein god måte. Kompetanseutvikling vil derfor bli prioritert i åra framover.
Prosjektet Inkluderande arbeidsliv er og ei prioritert oppgåve i departementet og underliggande etatar der formålet er å redusere sjukefråværet og gjere arbeidslivet tilgjengeleg for seniorar og personar med behov for tilpassa arbeidssituasjon.
Økonomiregelverket i staten
Landbruksdepartementet har ei rekkje gonger orientert Stortinget om arbeidet med å tilpasse økonomiforvaltninga til økonomiregelverket for staten. Orienteringane er dels gitt i St.prp. nr. 1 for Landbruksdepartementet, dels i proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Det særskilte på Landbruksdepartementet sitt område er at store delar av tilskottsløyvingane ikkje er retta mot einskilde mål og tiltak, men utgjer eit system av økonomiske verkemidel som saman med juridiske verkemidel samla skal gi jordbruket rimelege rammevilkår. Dette gjer m.a. at departementet ikkje rapporterer om resultat av einskilde tilskottsordningar, men rapporterer om utviklinga i næringa slik ho over tid blir registrert i materialet til Budsjettnemnda for jordbruket. Ein viser til nærare utgreiing i tidlegare proposisjonar, særleg til St.prp. nr. 67 (1997-98) kap. 4.
I samband med at Finansdepartementet legg opp til å fastsette revidert økonomiregelverk i løpet av hausten 2003, vil Landbruksdepartementet og underliggande verksemder i 2004 gå gjennom økonomiforvaltninga og gjere nødvendige endringar og forbetringar. Då eit av siktemåla med revisjonen av økonomiregelverket er å gjere krava meir overordna og enklare, legg departementet til grunn at delar av økonomistyringa kan effektiviserast med at reglar og rutinar i større grad kan tilpassast dei aktuelle behova for oppfølging og kontroll. Risiko og kostnader er moment som vil bli lagt vekt på når ein vurderer forvaltningssystema. Når det gjeld tilskottsforvaltninga, legg departementet til grunn at dei spesielle tilpassingane, i høve til ordningane som ikkje er tiltaksretta, vil halde fram, jf. ovanfor og utgreiinga i St.prp. nr. 67 (1997-98) kap. 4.
Grøn stat
Landbruksdepartementet førebur innføring av Grøn stat i departementet og underliggande etatar og vil innarbeide miljøleiing i styringssystem. Underliggande verksemder er så langt informert om prosjektet og det vil bli gitt ytterlegare informasjon i løpet av hausten 2003.
Landbruksdepartementet har følgd opp Grøn stat der det er mogleg å hente ut miljøgevinstar. Ein søker å få til forbetringar i høve til strømsparing, kildesortering og innkjøp i høve til anbefalte leverandørar på rammeavtale eller hos miljøsertifiserte leverandørar. Det er og innført spesielle tiltak for som skal medverke til ytterlegare reduksjon i papirforbruket.
Kap. 1100 Landbruksdepartementet (jf. kap. 4100)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 110 649 | 110 330 | 111 531 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under kap. 1100 post 50 | 2 412 | 4 894 | 5 053 |
50 | Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 250 | 207 | 214 |
70 | Tilskott til drifta av Staur gard | 300 | 300 | 250 |
Sum kap 1100 | 113 611 | 115 731 | 117 048 |
Mål- og strategiar
Landbruksdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Ansvarsområdet til departementet er matpolitikk, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar. Landbruksdepartementet har frå 01.01.2004 det administrative ansvaret for det nye Mattilsynet som omfattar tilsyn med all mat. Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld forbrukarspørsmål og spørsmål om miljø, arealplanlegging, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel.
Strategiane for Landbruksdepartementet er å:
utvikle og sikre eit fagleg grunnlag for politiske avgjerd i mat- og landbrukspolitikken
gjennom satsinga Landbruk Pluss, leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet og attraktive bustader i bygdene parallelt med strukturendringane i landbruket
kommunisere mat- og landbrukspolitikken aktivt for å få samfunnsmessig tilslutning og politisk gjennomslag
målrette og kommunisere økonomiske og juridiske verkemiddel og påverke internasjonalt for å ivareta nasjonale interesser best mogleg
utvikle og forbetre system for kontroll og kvalitetssikring i verdikjedene
imøtekome forbrukarane sine preferansar på matområdet gjennom innverknad på mat- og landbrukspolitikken
skape samanheng og samspel mellom forsking, nyskaping, planlegging, verkemiddel og forvaltning, og å utvikle kvart av desse områda vidare
avklare roller og funksjonar i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar.
Som eit politisk sekretariat er det ein føresetnad at departementet har ein fleksibel organisasjon. Departementet vil derfor nytte dei verkemidla som er nedfelte i St.meld. nr. 35 (1991-1992) Om statens forvaltnings- og personalpolitikk, St.meld. nr. 19 (1999-2000) og dei mål og prinsipp som arbeids- og administrasjonsministaren presenterte for Stortinget i sin forvaltningspolitiske utgreiing 24.01.2002, " Fra ord til handling" .
Departementet har med basis i ein strategi- og oppgåvegjennomgang gjennomført ei omorganisering av verksemda. Målet har vore å reindyrke rollene på mattryggleik, næringsutvikling og langsiktig ressursutnytting. Omorganiseringa skal òg gjere departementet meir effektivt, fleksibelt og tilpassa oppgåveporteføljen samstundes som ein reindyrkar rolla som politisk sekretariat. Delegering av oppgåver til underliggjande verksemder blir vurdert kontinuerlig. I tillegg søker ein å finne meir effektive arbeidsformer i departementet.
Departementet har arbeidd medvete for å auke delen kvinnelege leiarar. I dag er 40 pst. av leiarane i departementet kvinner.
Ein stor og aukande del av departementet si verksemd er knytt til internasjonale avtaler og prosessar som t.d. EØS-avtalen, WTO-avtalen og internasjonalt skogpolitisk arbeid. Det er derfor nødvendig å leggje auka vekt på dei internasjonale oppgåvene og leggje til rette for inntekt og busetjing generelt i bygdene gjennom prosjektet Landbruk Pluss. I tillegg vil departementet prioritere ei auka satsing for å møte utfordringane på miljøområdet. Samstundes vil departementet sitt auka fokus på mattryggleik, m.a. ved etablering av Mattilsynet, medføre auka ressursinnsats.
Resultatrapport 2002
Landbruksdepartementet viser til statusomtalene under programkategoriane. Mange av dei resultata som er omtalte der, er knytt til verksemd som Landbruksdepartementet har tatt initiativ til og tatt del i.
Budsjettframlegg 2004
Post 01 Driftsutgifter
Landbruksdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for mat- og landbrukspolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruksdepartementet. Administrasjonen av jordskifterettane er foreslått flytta frå Landbruksdepartementet til Domstoladministrasjonen i Trondheim. Som ei følgje av at flyttinga må utsetjast til 01.01.06, er posten foreslått auka med 0,5 mill. kroner, jf. kap. 1145 Jordskifterettane.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan
Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved ordinære forvaltningsorgan under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til store nyinnkjøp i departementet.
Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.
Verksemder under departementet forvaltar eigedomar og disponerer ein stor bygningsmasse. I einskilde tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruksdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen som verksemdene disponerer. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.
Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112 og 1141.
Post 70 Tilskott til drifta av Staur gard
Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 01.07.2001 blei garden ført attende til Landbruksdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). Same tidspunkt stifta Landbruksdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for drift av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon.
I samband med at bygningsmassen har hatt behov for opprusting for å vere tenleg for kursverksemd m.m., har det vore redusert drift. Slik opprusting er under utføring og ventast ferdig omkring årsskiftet 2003-2004. Det vil ta tid å byggje opp det nye gjestegardstilbodet, samstundes som 2004 vil bli belasta med vesentlege oppstartkostnader. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 250 000 kroner under denne posten som driftstilskott til Staur Gård AS.
Kap. 4100 Landbruksdepartementet (jf. kap. 1100)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Refusjon og gebyr | 195 | 401 | 415 |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 1 269 | ||
17 | Refusjon lærlinger | 30 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 1 620 | ||
40 | Sal av eigedom | 38 | ||
Sum kap 4100 | 3 152 | 401 | 415 |
Posten omfattar inntekter frå ymse refusjonar.
Programkategori 15.10 Matvaretryggleik, matvarekvalitet, dyrehelse og plantehelse
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
1107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107) | 275 655 | 294 800 | -100,0 | |
1110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110) | 120 975 | 105 661 | -100,0 | |
1112 | Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m. | 171 358 | 168 804 | 117 425 | -30,4 |
1114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114) | 246 406 | 230 776 | -100,0 | |
1115 | Mattilsynet (jf. kap. 4115) | 90 000 | 1 098 348 | 1 120,4 | |
Sum kategori 15.10 | 814 394 | 890 041 | 1 215 773 | 36,6 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
4107 | Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107) | 43 916 | 25 678 | -100,0 | |
4110 | Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110) | 99 468 | 88 050 | -100,0 | |
4114 | Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114) | 227 865 | 316 413 | -100,0 | |
4115 | Mattilsynet (jf. kap. 1115) | 654 206 | |||
Sum kategori 15.10 | 371 249 | 430 141 | 654 206 | 52,1 |
Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Helsedepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet, med Landbruksdepartementet som administrativt ansvarleg for Mattilsynet. Det er derfor omtale av dette ansvarsområdet i budsjettframlegga til dei to andre matdepartementa, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet og for Fiskeridepartementet.
Budsjettramma til Mattilsynet kap. 1115 er bygd opp ved overføring av utgiftsramme på kap. 1107, 1110 og 1114, rammeoverføringar knytt til matforvaltningsreforma, samt auke knytt til omstilling og etablering og auka satsing på særskilt prioriterte område.
Budsjettramma til Mattilsynet kap. 4115 er bygd opp ved overføring av inntektsramme på kap. 4107, 4110, 4114, rammeoverføringar knytt til inntekter frå tilsyn med sjømat, samt auke i gebyr og avgifter.
Under gis ein oversikt over oppbygginga av budsjettramma på kap. 1115 og 4115 Mattilsynet. Ein viser til kap. 1115 og 4115 for ein nærare omtale av budsjettframlegget.
Budsjettramma på kap. 1115 Mattilsynet post 01 Driftsutgifter på 1 032 mill. kroner er bygd opp med grunnlag i følgjande hovudelement:
Tabell 2.2 Oppbygging av Mattilsynets budsjett kap. 1115 post 01.
(i mill. kroner) | |
---|---|
Hovudelement i oppbygginga av budsjettramma for kap. 1115 Mattilsynet post 01 | |
Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn, Statens næringsmiddeltilsyn | 551,5 |
Mattilsynet (interimsorganisasjonen i 2003) | 70,0 |
Overføring frå Kommunal- og regionaldepartementet - statleggjering av kommunale oppgåver | 190,5 |
Overføring frå Fiskeridepartementet - tilsyn med sjømat | 30,8 |
Overføring av midlar til forvaltningsstøtte - reorganisering av forvaltningsstøtta: | 41,0 |
| |
Omstilling og etablering | 103,0 |
Auka satsing på særskilt prioriterte område | 26,5 |
Nettoeffekt av andre endringar og justeringar | 18,4 |
Sum kap. 1115 | 1031,7 |
I tillegg til er det over kap. 1115 post 70 gjort framlegg om ei løyving på 66,65 mill. kroner til tilskott til veterinær beredskap. I tillegg kjem òg utgifter til kjøttkontroll på slakteri som utgjer 128 mill. kroner. Dette er dekt ved eit eige gebyr, som blir ført over Fondet for kjøttkontroll.
Budsjettramma på kap. 4115 Mattilsynet post 01 Gebyr og analyseinntekter på 654,2 mill. kroner er bygd opp med grunnlag i følgjande hovudelement:
Tabell 2.3 Oppbygging av Mattilsynets budsjett kap. 4115 post 01
(i mill. kroner) | |
---|---|
Hovudelement i oppbygginga av budsjettramma for kap. 4115 Mattilsynet post 01 | |
Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn, Statens næringsmiddeltilsyn | 430,1 |
Overføring frå Fiskeridepartementet - tilsyn med sjømat | 29,1 |
Auke i inntekter frå gebyr og avgifter i forhold til saldert budsjett 2003 | 195,0 |
Sum kap. 4115 | 654,2 |
Det er i budsjettframlegget lagt opp til ein auke i inntektene frå gebyr og avgifter på om lag 195 mill. kroner. i forhold til 2003 til totalt om lag 654 mill. kroner, jf. nærare omtale under avsnitt om finansiering av matforvaltninga og i kap. 4115.
Matforvaltningsreforma vil gi grunnlag for effektiviseringsgevinstar som frå 2005 kan gi utslag i ein reduksjon i avgifter og gebyr. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med dette i budsjettproposisjonen for 2005.
Inntektene for 2004 er bygd opp kring tre hovudelement; gebyr for særskilte ytingar, gebyr for tilsyn og kontroll, samt avgift på fôr til selskapsdyr og matproduksjonsavgift, jf. kap. 4115.
Ved etableringa tek Mattilsynet over ei rekkje tilsynsoppgåver i tillegg til dei som har vore løyste av Statens landbrukstilsyn, Statens dyrehelsetilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn. Det blir overført 190,5 mill. kroner frå kommunane i samband med at Mattilsynet tek over tilsynsoppgåver som tidlegare har vore løyste av dei kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyna. I tillegg blir det overført 30,8 mill. kroner frå Fiskeridirektoratet knytt til at Mattilsynet overtek tilsyn med tryggleik og kvalitet ved sjømat. Overføringane er nærare omtalt nedanfor.
Det blir overført i alt 41 mill. kroner som eit ledd i oppfølginga av hovudprinsippa for organisering og finansiering av dei faglege støttefunksjonane til Mattilsynet slik desse er omtalt mellom anna i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003). Overføringa fordeler seg med 20 mill. kroner frå Veterinærinstituttet, 15,1 mill. kroner frå Fiskeridirektoratet og 5,9 mill. kroner frå Fiskeridirektoratet sine distriktslaboratorium.
Mattilsynet sitt budsjett er auka med 26,5 mill. kroner til satsing på særskilt prioriterte område, jf. avsnitt om særskilte faglege utfordringar under. Det er i tillegg lagt opp til ei auke i budsjettet til vitskapskomité og kontingent til EFSA (European Food Safety Authority) på til saman 18 mill. kroner over Helsedepartementet sitt budsjett. Sjå nærare omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet.
Etableringa av Mattilsynet inneber at om lag 1300 medarbeidarar frå fire ulike statlege tilsynsetatar og 85 kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyn med totalt over 300 ulike kontorstader, blir samla i ein tilsynsetat med i alt 85 kontorstader.
Det er eit mål at omstillinga i hovudsak skal vere gjennomført i løpet av ein treårsperiode og at storparten av omstillinga skal skje i etableringsåret. Mellom anna tek ein sikte på at storparten av medarbeidarane skal vere på plass på den nye kontorstaden i løpet av 2004.
Det er sett av 230 mill. kroner til etablerings- og omstillingskostnader for Mattilsynet i 2004. Av dette er 70 mill. kroner ført vidare frå budsjettet for 2003. 20 mill. kroner er omprioriteringar innafor eigne rammer i 2004. I tillegg leggjast det opp til ein auke i løyvinga til etablerings- og omstillingskostnader på 103 mill. kroner i 2004. Vidare legg ein opp til at Mattilsynet i 2004 kan foreta bestillingar ut over gitt løyving med inntil 37 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.
Omstillingskostnadene i 2004 vil særleg vere retta mot kostnader knytt til avvikling av eksisterande tilsyn og etablering av Mattilsynet. Kostnader til avvikling omfattar kostnader til oppfølging av eksisterande leieavtaler som ikkje kan vidareførast i den nye tilsynsstrukturen, samt avlevering av arkiv. Kostnader til etablering omfattar mellom anna etablering av nye kontorlokale, personalpolitiske tiltak, kompetansetiltak, kjøp av inventar og utstyr og etablering av nye administrative system og fagsystem. Omstillingsarbeidet er nærare omtalt i budsjettframlegget nedanfor.
Andre endringar og justeringar gir ein nettoeffekt på 18,4 mill. kroner i budsjettet. Hovudelementa her er kompensasjon for auka meirverdiavgift og kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift på i alt 31,9 mill. kroner. Kompensasjonen for auka meirverdiavgift har samanheng med at Mattilsynet no blir kjøpar av laboratorietenester i marknaden. Desse tenestene blei tidlegare i hovudsak produsert internt i etatane. I tillegg er det lagt opp til eit kutt på 17 mill. kroner. Utanom generell effektivisering vil dette omfatte innsparing mellom anna grunna færre dyrevernnemder og mogleg innsparing som følgje av gjennomgang av overvakings- og kontrollprogramma.
Status
Arbeidet innafor området mattryggleik, matkvalitet, dyrehelse og plantehelse er lagt opp slik at ein sikrar kvaliteten på sluttprodukta gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda. I tillegg til ei særskilt omtale av matforvaltningsreforma tek omtalen under for seg status delt på hovudområda "helse og hygiene", "kvalitet og forbrukaromsyn" og "einskapleg og heilskapleg tilsyn".
Ny organisering av matforvaltninga
Arbeidet med gjennomføringa av matforvaltningsreforma går i hovudtrekk etter planen, jf. òg kat. 15.00.
Helsedepartementet la våren 2003 fram Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven). Den nye matlova vil heilt eller delvis erstatte 13 lover. Dei tre matdepartementa arbeider med å førebu dei nødvendige tekniske endringane i forskriftsverket i samband med matforvaltningsreforma. Dei noverande forskriftene vil gjelde fram til det blir vedteke nye og oppdaterte forskrifter til den nye matlova. Det er bestemt at Fiskeridepartementet frå 01.01.2004 skal overta ansvaret for helse og velferd hos akvatiske dyr og hygieneregelverket for produksjon og frambod av kjøtt frå sjøpattedyr frå Landbruksdepartementet.
Stortinget har gjennom behandlinga av St.prp. nr. 63 (2001-2002), St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) og St.prp. nr. 65 (2002-2003) tatt stilling til hovudprinsippa for den framtidige organiseringa av dei faglege støttefunksjonane til Mattilsynet. Desse prinsippa blir følgt opp i budsjettframlegget, jf. omtale under mål og tiltak lenger bak i programkategorien.
Det er lagt til grunn av matforvaltningsreforma skal gi ein effektiviseringsgevinst på minst 10 pst. Departementet vil utarbeide ein modell for å finne ut korleis innsparinga kan komme til uttrykk i budsjettet. Saka vil bli omtalt i budsjettet for 2005.
Landbruksdepartementet la i St.prp. nr. 1 (2002-2003) til grunn at Såvarelaboratoriet skulle organiserast uavhengig av Statens landbrukstilsyn. Dette er ikkje gjennomført i 2003, men departementet legg til grunn at Såvarelaboratoriet i 2004 blir skild ut frå Mattilsynet saman med andre laboratorietenester.
Som eit ledd i marknadstilpassinga av Såvarelaboratoriet vedtok Landbruksdepartementet med verknad frå 01.07.2003, å redusere omsetningsavgifta på såvarer frå 2 til 1 pst. for alle grupper av såvarer. Såvarelaboratoriet vil etter denne omlegginga langt på veg vere sjølvfinansiert, jamvel om ein framleis er avhengig av offentlege midlar for å oppretthalde laboratoriekompetansen på såvareområdet.
Helse og hygiene
Dei seinare tiåra har vi hatt relativt lite problem med smittestoff i mat og vatn i Noreg. Den generelle helsetilstanden hos akvatiske dyr (fisk og skjell), landdyr og planter er òg god. Dette kjem mellom anna av god hygiene, effektiv overvaking og nedkjemping, godt tilsyn og mange førebyggjande tiltak. Likevel krev det tett oppfølging. Talet på tarminfeksjonar som skuldast Campylobacter hos menneske har vore aukande. Når det gjeld Campylobacter, samarbeider styresmaktene med fjørfebransjen om ein handlingsplan der det blir gjennomført tiltak for å redusere førekomsten av desse bakteriane.
Resistens mot antibiotika synast å bli meir omfattande. Gjennom program for overvaking av antibiotikaresistens i veterinærmedisinen blir dette følgt. Det vil vera tenleg å kunna sjå denne utviklinga i samanhang med mengda og sort antibiotika som blir brukt til dyr.
Det har vore færre tilfelle av infeksiøs lakseanemi (ILA) siste året, og det er sett i verk skjerpa tiltak for å nedkjempe denne sjukdomen gjennom eit nytt planverk. Gyrodactylus salaris og lakselus representerer konstante truslar mot dei ville laksebestandane. Sauesjukdomen mædi har dukka opp i mange besetningar og i nye område av landet siste året. Det er behov for overvaking og førebyggjande tiltak.
God plantehelse gir miljøgevinst gjennom lågare bruk av plantevernmiddel, betre produktkvalitet og nye moglegheiter i marknaden. Førebyggjande tiltak, tilsyn med nøkkelledd i produksjonen og med import, er viktig for å halde oppe og styrkje den gode plantehelsa vi har i Noreg.
Arbeidet med kartlegging av potetringråte har vore vellukka og vil gi friskare poteter og høve til å eksportere norske settepoteter. Ein har ikkje full kontroll med sjukdommen pærebrann. Sjukdommen kan vere eit trugsmål mot fruktdyrkinga på Vestlandet. Kontrollen med og kampen mot Sør-Amerikansk blomsterfluge i 2002, er eit døme på vellukka aksjon som motverker bruk av plantevernmiddel og sikrar produksjonsgrunnlaget for næringa.
Med unntak av kjøtt og fisk er importen av matvarer til Noreg stor. Importen kan føre til introduksjon av smittestoff. I den seinare tida har det blitt fokusert meir på kva for effekt innsatsvarer og forureiningar i miljø, landbruk og akvakultur har på sluttproduktet. Velfungerande rutinar og kontroll langs heile matproduksjonskjeda og med import, er nødvendig for å sikre mattryggleiken.
Kvalitet og forbrukaromsyn
Auka overvaking av maten og auka kunnskap om helseeffektar av ulike framandstoff og næringsstoff, har dei seinare åra avdekt fleire nye problem. Mellom anna har dioksinar/PCB, kvikksølv, polyaromatiske hydrokarboner, akrylamid, tilsettingsstoff og antibiotikarestar fått stort fokus. Effektane av så vel miljøforureiningar som kvaliteten på og bruken av fôr og andre innsatsvarer, inkl. tilsetjingsstoff og beriking med næringsstoff, og av ulike prosessar i industrien, blir stadig tydelegare. Nytt regelverk med grenseverdiar og forpliktingar om oppfølging frå styresmaktene er innført eller under utvikling for fleire nye framandstoff, allergen, næringsstoff og GMO. Mattilsynet vil få store utfordringar knytt til oppfølginga av det nye regelverket.
EØS-avtala gav Norge i 1994 mellom anna unntak for bruk av antibiotika som tilsetningsstoff i fôr. Dette skuldast at Norge ynskte å ha strengare regler enn dei EU hadde. EU har etter dette redusert tal godkjente antibiotika. Norge har hittil overfor ESA hevda at vi har strengare reglar enn EU, fordi vi berre har godkjent zinkbacitracin som tilsetningstoff, medan EU framleis har fire godkjente stoff. Dette sjølv om zinkbacitracin ikkje lenger er godkjent i EU. EU vil no fase ut dei siste fire stoffa med verknad frå 01.01.2006. Norge kjem derfor i ein situasjon der vi ikkje lenger har strengare reglar enn EU. Vi vil derfor få vanskar med å hevde forlenga unntak i avtala. Regjeringa har difor kome til at vi skal fase ut zinkbacitracin parallelt med at EU fasar ut sine fire siste antibiotika.
Forbrukarane er i aukande grad opptekne av korleis dyra har det. Dyrevelferd er i ferd med å bli eit viktig omsyn overfor forbrukarane i tillegg til omsynet til dyra. I St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd la regjeringa fram mål, tiltak og strategiar for det vidare arbeidet på området. Stortinget si behandling av meldinga vil bli følgd opp i dei årlege budsjetta, jf. omtale lenger bak i kategorien og i kap. 1115.
Lova om veterinærar og anna dyrehelsepersonell har vore i kraft sidan 01.01.2002. Forskriftsverket for å sikre at slikt personell driv forsvarleg verksemd, mellom anna når det gjeld lækjemiddel og sjukdomsrapportering, er i liten grad modernisert etter at den nye lova blei sett i kraft. Slikt regelverk er viktig i arbeidet for mattryggleik og for etisk forsvarleg dyrehald.
Det er eit mål å utvikle produksjonsmetodar som minskar behovet for kjemiske plantevernmiddel og som reduserer risikoen for restar i matvarer og miljø. Gjennomføring av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidlar (1998-2002) har gitt ein redusert risiko for helse og miljø på minst 25 pst. Resultat frå overvakingsprogramma for næringsmiddel og miljøet syner likevel at situasjonen enno ikkje er fullt ut tilfredsstillande. Mange av tiltaka er av langsiktig karakter og må vidareførast dersom effekten skal haldast oppe. Ein revidert handlingsplan skal derfor vidareførast for ein ny periode (2004-2008).
Ein føresetnad for å realisere verdiskapingspotensialet i norsk matproduksjon er at norskprodusert mat har tilgang til dei ulike marknadene. Dette er ikkje minst viktig for sjømatnæringa som står for storparten av den norske mateksporten. Tilhøve knytt til dyrehelse, dyrevelferd, mattryggleik, matkvalitet og matvarer med regionale og lokale særpreg vil bli meir vektlagt i internasjonal handel framover.
Det er aukande interesse for og etterspurnad etter lokale og regionale matprodukt. For å sikre god kvalitet og oppfylling av regelverket på området er det nødvendig å sikre god kunnskap innan hygiene samt eit lettfatteleg regelverk.
Det er eit politisk mål at omfanget av økologisk produsert mat og lokal småskalaproduksjon skal auke. Tilsynet med økologisk produsert mat må byggjast opp og effektiviserast i takt med auken i omfang.
Førebels har hovudfokus innafor forbrukarorienteringa vore konsentrert på to områder; matpolitiske forbrukarpanel og ein internettportal, matportalen.no. For å sikra forbrukaren nok, rett og open informasjon om maten er det som eit prøveprosjekt oppretta sju regionale forbrukarpanel. Panela blir drivne av Forbrukarrådet og skal gi meir kunnskap om forbrukarane sine haldningar til ulike matspørsmål. Kvart panel har 9 medlemmer med ulik alder, kjønn og utdanning. Det er planlagt to samlingar i året for kvart panel. Internettportalen matportalen.no er no over i ei driftsfase.
Einskapleg og heilskapleg tilsyn
Eit grunnleggjande prinsipp er at det er den einskilde produsent og verksemd som har ansvaret for å sikre så vel mattryggleik som kvalitet. Mattilsynet skal gjennom sitt tilsyn og regelverket sjå til at dette ansvaret blir etterlevd og sikre rettstryggleik for tilsynsobjekta og erfaringsutveksling mellom tilsynsobjekta og tilsynsetaten.
Regelverket på matområdet blir stadig meir internasjonalt og blir i stor grad utvikla i EU. Det er særs viktig med ein aktiv og målretta norsk deltaking i dei internasjonale fora som legg premisser for utvikling av regelverket og i dei ulike komiteane og arbeidsgruppene i EU. Regelverksutviklinga som legg grunnlag for tilsynsarbeidet, krev nær kontakt med vitskaplege miljø i samband med risikovurderingar, samarbeid med andre tilsyn og kontakt med politiske styresmakter i meir prinsipielle spørsmål. Oppfølging av EØS-avtalen krev stadig større ressursar, og det blir årleg vurdert ei rekkje nye EU-rettsakter med tilhøyrande regelverksarbeid.
Med ny kunnskap blir Mattilsynet sitt forvaltningsområde stadig meir fagleg komplekst og krevjande. Det er ein stor og aukande interesse frå media, det politiske miljøet og interessegrupper. Den faglege kompleksiteten gjer at Mattilsynet vil ha eit stort behov for FoU-basert forvaltningsstøtte og solid fagkunnskap hos eigne medarbeidarar. Kompetansen hos faglege rådgivarar og eigne medarbeidarar er avgjerande for å fremme og få gjennomslag for synspunkt i internasjonale fora.
Utfordringar
Mål og tiltak
Hovudmålet i matpolitikken er å sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn. Dei overordna måla og strategiane på matområdet er omtalt i St.meld. nr. 40 (1996-97), St.prp. nr. 19 (1999-2000), St.meld. nr. 16 (2002-2003).
Matproduksjonen er ein kompleks, biologisk produksjon der ulike risikofaktorar kan kome inn i produksjonen langs heile matvarekjeda. Dette syner dei dramatiske hendingane i Europa i det siste tiåret med påvising av kugalskap, utbrot av munn- og klauvsjuke og dioksinskandalar. Skal ein òg framover nå målsetjingane om trygg mat og tillit hos forbrukarane, må det satsast på tiltak som tek sikte på å auke kunnskapen om risikofaktorane og korleis desse kan kontrollerast. Det må òg satsast på forenklingar og å sikra ein open og reieleg kommunikasjon med forbrukarane. Gjennomføringa av matforvaltningsreforma er eit viktig bidrag for å nå måla på området.
Gjennomføring av matforvaltningsreforma
Matforvaltningsreforma vil bli sett ut i livet 01.01.2004. Reforma krev samordna innsats for å sikre ei effektiv gjennomføring. Det er eit mål at omstillinga i all hovudsak skal vere gjennomført i løpet av ein treårsperiode og at storparten av omstillinga skal skje i etableringsåret. Det er såleis lagt opp til at dei fysiske strukturane til Mattilsynet og Vitskapskomiteen skal vere etablerte og at storparten av medarbeidarane kjem på plass på nye kontorstader i løpet av 1. halvår 2004.
Det må etablerast gode samarbeids- og samhandlingsrutinar mellom aktørane i matforvaltninga - Mattilsynet, Vitskapskomiteen, dei FoU-baserte forvaltningsstøtteverksemdene og laboratoria. Mattilsynet vil ha ei viktig oppgåve i å få på plass einskaplege og effektive system for å få tilgang til nødvendig forvaltningsstøtte og laboratorietenester.
Mattilsynet må raskt byggje opp nødvendig kompetanse på nye forvaltningsområde. Mattilsynet vil i 2004 ha ei særskilt utfordring i å integrere verksemd frå stats- og kommuneforvaltninga og verksemd knytt til sjømat og landmat.
Matforvaltningsreforma vil setje store krav til den einskilde medarbeidaren. Mange vil oppleve store endringar i kvardagen gjennom nye organisatoriske rammer og nye faglege utfordringar. Opplærings- og kompetanseprogram vil derfor bli vektlagt og sett i samanheng med arbeid knytt til organisasjonsutvikling og kulturbygging.
Omstillingsarbeidet vil ha stort omfang i 2004. Arbeidet med å sikre trygg mat i omstillingsperioden vil ha høgste prioritet.
Ein syner til nærare omtale av omstillingsarbeidet og budsjettkonsekvensane knytt til gjennomføringa av reforma under kap. 1112 og 1115.
Finansieringa av matforvaltninga
Prinsippa for ein forenkla finansieringsmodell for matforvaltninga blei lagt fram i St.prp. nr. 65 (2002-2003). Ved behandlinga av proposisjonen tok Stortinget desse prinsippa til orientering, jf. Innst. S. nr. 260 (2002-2003). Det er lagt vekt på at finansieringsmodellen skal framstå som enkel, oversiktleg og logisk for Mattilsynet sine brukarar og for forbrukarane. Det blir lagt opp til eit einskapleg system for heile forvaltningsområdet til Mattilsynet.
Prinsippa er lagt til grunn for forskriftene om gebyr og avgifter i framlegget til ny matlov, jf. §21 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. Det vil i haust bli lagt fram ein proposisjon med framlegg til endringar av gebyr- og avgiftsheimlane i dyrevernlova, husdyravlslova og dyrehelsepersonellova som følgjer opp prinsippa i finansieringsmodellen.
Dei tre matdepartementa har med grunnlag i behandlinga av St.prp. nr. 65 (2002-2003) arbeidd med å konkretisere dei ulike gebyr- og avgiftsordningane i ein forenkla modell, jf. nærare omtale under kap. 4115.
Samstundes som det i samband med matforvaltningsreforma har vore behov for å få etablert einskaplege prinsipp og system for finansieringa av matforvaltninga, gjer budsjettsituasjonen og dei store utfordringane på matområdet det nødvendig å auke inntektene frå gebyr og avgifter. Regjeringa legg i budsjettframlegget derfor opp til inntekter frå gebyr og avgifter på om lag 654 mill. kroner. Dette er ein auka på om lag 195 mill. kroner i høve til 2003, jf. nærare omtale under kap. 4115.
I Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. seiast det at den nye finansieringsmodellen legg til grunn visse generelle prinsipp for dei avgifts- og gebyrordningane som skal etablerast. Det skal vere ein logisk samanheng med dei oppgåvene matforvaltninga utførar og måten dei finansierast på. Dei oppgåvene i matforvaltninga som ikkje kan knytast til brukarar/brukargruppe, skal finansierast over statsbudsjettet utan bruk av gebyr/avgifter. Oppgåver som kan knytast direkte til klart definerte brukarar eller brukargrupper skal kunne finansierast med gebyr. Ved bruk av gebyr skal storleiken på desse samsvare med den konkrete tenesta som den enkelte tek i mot. For oppgåver der det ikkje er ein klar samanheng mellom oppgåve og brukar, men der oppgåva like fullt er brukarretta, vil det vere aktuelt å nytta øyremerka avgifter.
Laboratorietenester og FoU-basert forvaltningsstøtte
Landbruksdepartementet vil i 2004 starta prosessen med å medverke til å utvikle eit marknadsbasert system for laboratorietenester i samsvar med dei føringane som er gitt for dette. Ein viktig føresetnad for ein fungerande marknad er at næringsmiddelverksemdene òg er kjøparar av tenester i den same marknaden. Frå staten si side, legg Landbruksdepartementet i budsjettet opp til ein gradvis overgang. Her legg ein særleg vekt på at staten gjennom sin innkjøpspolitikk tek omsyn til nødvendig beredskap, til at behovet for laboratorietenester skal vere tilfredsstillande dekka i alle deler av landet og til at dei faglege ressursane som vi har i dag, blir tatt godt vare på framover. Eit eige utval har gått gjennom aktivitetane ved dei statlege institusjonane (Veterinærinstituttet, Planteforsk, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Såvarelaboratoriet) som leverer laboratorietenester og forvaltningsstøtte for å vurdere kva for aktivitetar som skal finansierast over Mattilsynets budsjettkapittel og kva for aktivitetar som kan konkurranseutsetjast.
FoU-institusjonane skal vidareføre og utvikle si rolle som leverandørar av forskingsbasert forvaltningsstøtte i næringskjeda frå jord og fjord til bord. I tråd med St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd, skal dyrevern etablerast som nytt arbeidsområde.
For 2004 tek ein sikte på å overføre deler av midlane til FoU-basert forvaltningsstøtte som dei statlege institusjonane yter til Mattilsynets budsjettkapittel. Det er lagt til grunn at ein skal sjå på behovet Mattilsynet har for FoU-basert forvaltningsstøtte. Arbeidet med å avklare kva for aktivitetar som ut frå føringane skal finansierast over Mattilsynets budsjettkapittel og eventuelt kan konkurranseutsetjast, skal førast vidare i 2004.
Tiltak for å sikre eit akseptabelt tilbod av veterinærtenester over heile landet
I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) er det lagt til grunn at det ikkje skal vere økonomiske bindingar mellom Mattilsynet og tilsynsobjekta. Distriktsveterinærar i såkalla DVII-stillingar i Statens dyrehelsetilsyn har stillingar der dei kombinerar offentlege oppgåver og privat veterinærpraksis. Tilsette i Mattilsynet vil som hovudprinsipp ikkje kunne vidareføre denne typen arbeidsdeling. I enkelte område der det ved bortfall av DVII-stillingar ikkje blir god nok veterinærdekning, kan det bli nødvendig for Mattilsynet å gjere unntak frå dette prinsippet. I slike tilfelle vil det av habilitetsomsyn bli sett krav til kva type arbeidsoppgåver den enkelte veterinær kan drive med som tilsett i Mattilsynet. Departementet tek sikte på, så langt det er mogleg at ein kjem fram til løysingar som kombinerer prinsipp om habilitet med kortsiktige behov knytt til veterinærdekninga.
Særskilte faglege utfordringar
Det er i budsjettframlegget lagt opp til ei satsing på særskilt prioriterte område med til saman 26,5 mill. kroner. Elementa i satsinga er nærare omtalt under.
Oppfølging av hygieneforordninga og kontrollforordninga
Den generelle forordninga om fôr og næringsmiddelhygiene vil, dersom den blir ein del av EØS-avtalen, gjelde på alle ledd i matproduksjonskjeda. Dei nye krava som denne forordninga stiller til primærprodusentar, kombinert med krava i den nye kontrollforordninga til kontrollplanar og -system, gjer det nødvendig med ein gradvis, men monaleg styrking av det offentlege tilsynet, særleg med primærproduksjon. Det er i budsjettframlegget sett av 4,2 mill. kroner til nasjonal oppfølging av dei nye krava i dei to forordningane.
Biproduktforordning
EU har vedteke nye reglar for transport, lagring, behandling, handel og bruk av animalsk materiale som ikkje er berekna til humant konsum. Virkeområdet spenner vidt og omfattar tradisjonelt animalsk avfall, fisk fanga i opent hav, matrestar frå kjøkkenverksemd i visse tilfeller, husdyrgjødsel og diverse animalske produkt. For å sikre best mogleg gjennomføring av forordninga blir det viktig å styrkje tilsynets moglegheiter til å informere og rettleie alle aktuelle parter. Til dette arbeidet er det sett av 1,8 mill. kroner.
Økologisk landbruk
Etter EU sine forordningar skal tilsyn med økologisk primærproduksjon skje ved årleg kontroll av alle produksjonseiningar. Som følgje av vekst i talet på produksjonseiningar og -areal ligg det an til ein auke i ressursbehovet til å utøve dette tilsynet. Satsinga vil sikre at krava i EU-forordningane kan oppfyllast. Det er sett av 2,7 mill. kroner til dette formålet.
GMO
Nye EU-forordningar om GMO og GM-materiale medfører nye oppgåver i tilknyting til forvaltning av regler om og tilsyn med GMO og GM-produkt. Dei nye forordningane vil, dersom dei blir ein del av EØS-avtala, gjelde på alle ledd i matproduksjonskjeda. Satsinga vil gi tilsynet moglegheit til å etablere ei effektiv nasjonal oppfølging av krava i dei nye forordningane. Det er i budsjettframlegget sett av 1,2 mill. kroner til dette i 2004.
Helse hos akvatiske dyr
Sjømat utgjer i dag over halvparten av matproduksjonen i Noreg, og produksjonen vil i dei kommande åra auke ytterlegare igjennom utvikling av oppdrett av nye arter og større volum av eksisterande arter. Smittsame sjukdomar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk oppdrettsnæring dei største tapa gjennom direkte tap (dødstal og redusert slakteverdi), tapt marknadstilgang og meirkostnader pga. sjukdomstiltak. Den forventa utviklinga av oppdrettsnæringa vil krevje auka satsing på førebyggjande og avgrensande tiltak mot sjukdom. I tillegg vil oppfølging av vidareutviklinga av EUs regelverk og forvaltning krevje auka ressursar i dei næraste åra. Det er i budsjettframlegget sett av 6,7 mill. kroner for å styrkje forvaltninga innan området.
Biotoksin
Arbeidet knytt til biotoksin må aukast, jf. omtale under kap. 1115. Det er i budsjettframlegget sett av 0,8 mill. kroner til kunnskapsutvikling på området.
Drikkevatn
Mattilsynet vil 01.01.2004 få overført godkjenningsansvaret for drikkevatn og produksjonsvatn tilsvarande som for andre matvarer. Dette krev kompetanseoppbygging hos eigne medarbeidarar og utvikling av ein tenleg forvaltningsmodell som dekkjer behova innafor dette viktige området. Regjeringa legg i samband med overføringa opp til å styrkje tilsyn og kontroll innafor dette området med 2,1 mill. kroner.
Oppfølging av St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd
I St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd blei det lagt fram ei rekkje mål, tiltak og strategiar for arbeidet framover på dyrevelferdsområdet. For første gong blir det slått fast at dyr har eigenverdi. Ein samrøystes næringskomité bad regjeringa følgje opp alle utpeikte mål og strategiar i stortingsmeldinga for å sikre at Noreg blir eit føregangsland innan dyrehald og dyrevelferd, jf. Innst. S. nr. 226 (2002-2003). Departementet legg derfor opp til at Mattilsynet skal gje særleg prioritet til oppfølging av stortingsmeldinga. Dei viktigaste strategiane for å nå dei langsiktige måla på dyrevernområdet er arbeidet for:
kompetente dyreeigarar
kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling
tenleg regelverk og kompetent tilsyn
innsyn og forbrukarkommunikasjon
påverknad av internasjonale rammer for dyrevelferd.
Det er sett av 4,1 mill. kroner til oppfølging av meldinga.
Invaderande framande artar
Med auka handel og reiseverksemd aukar importen av framande planteartar. Fleire av desse artane kan true vårt biologiske mangfald ved at dei utkonkurrerar naturlege planter ved å overta deira økologiske nisjar. Andre gjer skade som ugrasartar i jordbruket. Framande planter kan og ta med seg sjukdom og skadedyr. Mattilsynet vil samarbeide med miljøstyresmaktene (Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning) samt ekspertmiljø som Planteforsk og Skogforsk. Satsinga på 2,9 mill. kroner vil sikre at internasjonale konvensjonar kan etterlevast.
Tilsyn med sal av reseptfrie lækjemiddel utanom apotek
Helsedepartementet fastsette 14.08.2003 forskrifter som opnar for sal av visse reseptfrie lækjemiddel utanom apotek. Forskrifta inneber at det frå 01.11.2003 kan bli gitt løyve til omsetting av visse reseptfrie lækjemiddel til verksemder som blir omfatta av plikta til løyve eller melding i Generell forskrift for produksjon og frambud mv. av næringsmidler.
Det er heimel for at Mattilsynet frå 01.01.2004 kan føre tilsyn med slike omsettingsstader. Ønsket om at Mattilsynet skal ha ei sentral rolle i tilsynet med desse verksemdene er grunna i moglegheitene for å oppnå eit kostnadseffektivt og tilstrekkeleg tilsyn. Mattilsynet får sjølvstendig kompetanse til å gjera vedtak mellom anna i medhald av forskrifter i lækjemiddellova. Statens legemiddelverk blir klageinstans for vedtak gjort av Mattilsynet og får det overordna ansvaret for utforming av dette tilsynet.
Det blir gjort framlegg om at utgifter til tilsynet blir dekka gjennom ei årleg avgift pålagt utsalsstadene. Helsedepartementet har i Ot.prp. nr. 88 (2002-2003) gjort framlegg om endringar i lækjemiddellovgivinga som gir heimel for ei slik avgift. Med atterhald om Stortinget si tilslutting til ei slik avgiftsordning, blir det lagt opp til at det blir inngått ei avtale mellom Statens legemiddelverk og Mattilsynet om omfanget av og innhaldet i, det tilsynet Mattilsynet skal gjera, samt dekking av kostnadene ved dette.
Kap. 1107 Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 4107)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 260 032 | 215 082 | |
70 | Tilskott til veterinær beredskap | 2 796 | 65 000 | |
73 | Tilskott til tiltak mot dyresjukdommar , overslagsløyving | 12 827 | 14 718 | |
Sum kap 1107 | 275 655 | 294 800 |
Resultatrapport 2002
Helsa hos landdyr og fisk i Noreg er svært god. Med unntak av påvisning av amerikansk vinterflått på ein importert hest frå USA, er det ikkje registrert at nye smittsame sjukdomar er kome inn i landet via import.
Innarbeiding av nytt regelverk etter EØS-avtalen krev stadig større ressursar. Dyrehelsetilsynet har vurdert 108 nye EU-rettsakter innan sine lovområdar i 2002. Merkeforskrifta og databasar for registrering av storfe og svin har kravd stor merksemd. Individregisteret for storfe og svineholddatabasen blei integrerte i eit felles Husdyrregister som er gjort tilgjengeleg for eigen etat og brukarar gjennom Internett.
I samband med dei utvida EØS-baserte krava til overvaking av overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE), blei det i 2002 send inn 1 612 prøver av sjølvdaude/avliva storfe for undersøking. Alle desse prøvene var negative. Det same gjeld for prøver tatt ut på slakteri frå om lag 20 000 storfe. Når det gjeld småfe, blei det sendt inn prøver frå 1 897 sjølvdaude dyr og frå 37 dyr med klinisk mistanke om skrapesjuke. I alt 5 av desse prøvene var positive. Frå slakteri blei det send inn i alt 14 239 prøver frå normalslakta dyr. Her var også 5 prøver positive for skrapesjuke.
Talet på nye tilfelle av infeksiøs lakseanemi (ILA) aukar ikkje i same takt som tidlegare. I 2002 blei det påvist ILA i 12 nye oppdrettsanlegg, mot 20 i 2001. I tråd med forpliktingar i EØS-avtalen er det utarbeidd ein ny plan for tiltak mot ILA. Denne planen er sendt ESA for godkjenning. Dyrehelsetilsynet har i 2002 auka innsatsen i kampen mot spreiing av Gyrodactylus salaris. Mellom anna er det gjennom dialog med elveeigarar og representantar frå ulike friluftsinteresser sett fokus på desinfeksjon av fiskeutstyr.
Det er ein auke i omfanget av dyrevernsarbeidet både i regi av distriktsveterinærane og dyrevernsnemndene. Om lag 9 pst. av inspeksjonane i 2002 har ført til pålegg om utbetringar. Det er stor auke i talet på rapporterte dyretragediar i forhold til tidligare år. For enkelte dyreartar er det registrert ein auke i talet på dyr som har mist livet under transport. Stortingsmeldinga om dyrehald og dyrevelferd blei lagt fram i 2002. Tilsette i Dyrehelsetilsynet har teke del i arbeidet med meldinga.
I samband med oppfølginga av dyrehelsepersonellova er det mellom Statens dyrehelsetilsyn og Den norske veterinærforening (DNV) framforhandla ei avtale om veterinærvakt (klinisk vakt) gjeldande frå 01.04.2003. I tillegg blei ei ny spesialvaktordning for familiedyr oppretta med verknad frå 01.09.2002.
I rapporteringsåret er 6 veterinærdistrikt slege saman, slik at talet på distrikt no har kome ned i 181. Om lag 80 tilsette, for det meste distriktsveterinærar og tilsette ved fylkesveterinærkontora, har teke del i etatens leiarutviklingsprogram.
Gjennom eit samarbeidsprosjekt med Skattedirektoratet fekk Dyrehelsetilsynet i 2002 på plass ei løysing for sentral konsolidering av rekneskapa til regionane og Sentralforvaltninga. Generelt har det på alle område i verksemda blitt brukt ressursar på ulike fellesprosjekt og anna omstillingsarbeid i samband med etableringa av det nye Mattilsynet.
Budsjettframlegg 2004
Verksemda til Dyrehelsetilsynet vil frå 01.01.2004 inngå i det nye Mattilsynet, jf. kap. 1115.
Kap. 4107 Statens dyrehelsetilsyn (jf. kap. 1107)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
03 | Gebyr og analyseinntekter m.m. | 41 091 | 25 678 | |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 671 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 2 154 | ||
Sum kap 4107 | 43 916 | 25 678 |
Post 03 Gebyr og analyseinntekter
Posten omfattar inntekter frå ulike gebyr og avgifter knytt til Dyrehelsetilsynet si verksemd. I samband med etableringa av Mattilsynet er posten overført kap. 4115. Det visast til kap. 4115 for ei nærare omtale av finansieringa av matforvaltninga.
Kap. 1110 Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 4110)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 120 975 | 105 661 | |
Sum kap 1110 | 120 975 | 105 661 |
Resultatrapport 2002
Landbrukstilsynet tek aktivt del i internasjonalt samarbeid innafor kvart av dei ulike fagområda. Aktivitetar i tilknyting til EU, på grunnlag av EØS-avtalen, står i ei særstilling. Andre viktige fôra er OECD, interimskommisjonen for plantehelsetiltak under FAO, plantevernsorganisasjonen for Europa og Middelhavsområdet (EPPO) og nordisk samarbeid. For såvareområdet står det internasjonale arbeidet i ISTA sentralt.
Plantehelse
Etter at ein fireårig opptrappingsplan for styrking av norsk plantehelse er gjennomført, er revisjon av registrerte verksemder og produksjonskontroll i desse, viktige og prioriterte oppgåver innan plantehelseområdet. I 2002 var det like fullt nødvendig å bruk monalege ressursar på tiltak mot mellom anna søramerikansk minérfluge, pærebrann og lys ringråte. Det er i 2002 blitt utført om lag like mange importkontrollar som tidlegare.
Plantevernmidlar
Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernsmiddel (1998-2002) har ført til auka ressursbruk på plantevernmiddelområdet.
Ved godkjenning av plantevernmiddel legg ein vekt på at risiko for helse og miljø ved bruk av midla under norske forhold skal vera låg og akseptabel. Landbrukstilsynet har i 2002 godkjent 36 preparat, og 5 preparat har fått avslag på grunn av uønskt verknad på helse og/eller miljø.
Salet av plantevernmiddel frå importør til forhandlar viste ein markert auke i 2002, noko som kan tilskrivast ein auka bruk av glyfosathaldige preparat til bruk mot kveke etter at kornet er hausta. Omsetnaden utgjorde ca. 820 tonn verksamt stoff. Det er over gjennomsnittet for 1998-2002 som var ca. 690 tonn.
Det er gjennomført besøk i eit representativt tal gartneri for kontroll av autorisasjonsbevis, sprøytejournal og lagertilhøve for plantevernmiddel. Under desse kontrollane er det avdekt fleire regelverksbrot knytt til bruk av ulovlege midlar og lagring av ukurante plantevernmiddel.
Såvarer
Det blir stilt strenge krav til såvarene for å sikre at dei er tilpassa veksevilkåra, krav til avlingsnivå og kvalitet. Mellom anna vil såkorn som ikkje held mål kunne gi ein avlingsreduksjon på 30-60 mill. kroner pr. år. Gjennom godkjenning av nye sortar kan kornsortar som er mottakelege for soppsjukdomar, bli erstatta med meir resistente sortar som treng mindre plantevernmidlar. Landbrukstilsynet gjennomfører obligatoriske beisebehovsanalysar for såkorn som i gjennomsnitt reduserer kostnadene for korndyrkarane med om lag 6 mill. kroner pr. år, og miljøet blir vidare spart for om lag 8 tonn kjemikalium årleg.
Økologisk landbruk
Landbrukstilsynet fører kontroll med verksemda til DEBIO som er godkjent som utøvande kontrollorgan for økologisk primærproduksjon. I 2002 var 2 303 bruk kontrollerte for økologisk produksjon eller dei var under omlegging, mot 2 125 i 2001. Det økologiske arealet, saman med omleggingsarealet, er no 3,2 pst. av det totale jordbruksarealet.
Gjødselvarer
Omsetnaden av gjødsel- og jordforbetringsprodukt, basert på resirkulert organisk og uorganisk avfall aukar. Kvalitetskrava er strenge, men resirkuleringsverksemdene har etterkvart tilpassa seg desse.
Stikkprøvekontrollen i 2002 har vore prosjektretta og omfatta mellom anna mekanisk blanda gjødsel som det er eit særleg behov for å informere om kvaliteten på.
Fôr
Kontrollen med produksjonen av fôr skjer ved revisjon av internkontrollen ved dei ulike verksemdene, og ved besøk som ikkje er varsla på førehand. Det har blitt lagt meir vekt på revisjonar no enn tidlegare, og kontrollen med fôret har vore meir fokusert på områder med stor risiko. Uttekne prøvar blir analyserte for ulike næringsemne og uønskt stoff som det er sett øvre grenser for i forskrifta.
Kontrollen av uønskt stoff har omfatta ulike tungmetall, plantevernmiddel, dioksin og PCB, muggsopp og mykotoksin, koliforme bakteriar, salmonella, kjøttbeinmjøl og genmodifisert materiale. Det har vore få avvik. Påvising av salmonella skjer i dei fleste tilfella før varmebehandling, på "urein" side av produksjonsprosessen. Vidare er det ikkje funne kjøttbeinmjøl i fôrblandingar til produksjonsdyr. Analysar for genmodifisert materiale har vist spor i ein del prøvar. Konklusjonen er at kvaliteten på fôret styrkjer mattryggleiken.
Sinkbacitracin er det einaste fôrantibiotikum som er godkjent til visse dyrearter, men det har ikkje vore brukt på fleire år. Koksidiostatika som også har ein antibiotisk verknad, er brukt noko meir enn i 2001.
Tekniske innretningar
Arbeidet med tekniske innretningar skal mellom anna redusere risikoen for lekkasje og avrenning frå landbruket, og sikre eit godt miljø for husdyra. Typegodkjenningsordningar for m.a. siloar, gjødselportar og innreiingar for husdyr er verkemiddel på desse områda.
Budsjettframlegg 2004
Verksemda til Landbrukstilsynet vil frå 01.01.2004 inngå i det nye Mattilsynet, jf. kap. 1115.
Kap. 4110 Statens landbrukstilsyn (jf. kap. 1110)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Gebyr og analyseinntekter m.m. | 97 842 | 88 050 | |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 617 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 1 009 | ||
Sum kap 4110 | 99 468 | 88 050 |
Post 01 Gebyr og analyseinntekter
Posten omfattar inntekter frå ulike gebyr og avgifter knytt til Landbrukstilsynet si verksemd. I samband med etableringa av Mattilsynet er posten overført kap. 4115. Det visast til kap. 4115 for ei nærare omtale av finansieringa av matforvaltninga.
Kap. 1112 Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Forvaltningsstøtte og utviklingsoppgåver, Veterinærinstituttet | 109 714 | 108 765 | 63 181 |
51 | Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling, Planteforsk | 48 816 | 46 988 | 40 723 |
52 | Støtte til fagsentra, Planteforsk | 12 828 | 13 051 | 13 521 |
Sum kap 1112 | 171 358 | 168 804 | 117 425 |
Post 50 - Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er organisert som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og tilpassa den nye finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå NFR, jf. kap.1137 post 51.
Mål og strategiar
Veterinærinstituttet driv forskingsbasert forvaltningsstøtteverksemd som skal vere leiande og konkurransedyktig innan forsking, overvaking og rådgjeving med fôrutsjåande beredskap innan mattryggleik, fôrhygiene, landdyr-, fiske- og skjelhelse i Noreg. I tillegg vil dyrevelferd vere eit nytt viktig arbeidsområde i 2004. Veterinærinstituttet skal ha ei sentral rolle som rådgjevar til Mattilsynet, andre styresmakter og næringane.
Veterinærinstituttet si forsking og samla kompetanse skal medverke til:
trygge matvarer frå landdyr og fisk gjennom overvaking og rådgjeving om nedkjemping av zoonoser og andre sjukdomar
sunne landdyr, fisk og skjel gjennom effektiv beredskap og rådgjeving om tiltak ved nedkjemping av alvorlege smittsame sjukdomar og tapsbringande tilstandar
rask varsling om mattryggleiksfarar og tapsbringande landdyr, fiske-, og skjelsjukdomar med forslag om førebyggande og skadereduserande tiltak.
For å nå desse måla må Veterinærinstituttet:
vidareføre relevant forsking innan kjerneområda til instituttet
styrkje arbeidet med referansefunksjonar og vere kompetansesenter for laboratoriediagnostikk og -analyser på fisk-, skjel- og landdyrhelseområdet og på næringsmiddel-, fôr- og miljøområdet
styrkje den ståande beredskapen for diagnostikk av alvorlege sjukdomar hos landdyr og fisk
samle, analysere og presentere epidemiologiske data om zoonoser og andre sjukdomar innan instituttets ansvarsområde
medverke til berekraftig og miljøvenleg husdyr- og akvakulturproduksjon med vekt på dyrevelferd
styrkje overvaking av antibiotikaresistens hos bakteriar frå landdyr, fisk, fôr og næringsmiddel
styrkje arbeidet med risikovurderingar
arbeide for at resultata frå verksemda ved instituttet kjem Mattilsynet, andre styresmakter, næringsliv og allmenta til gode
Resultatrapport 2002
Forskingsbasert kunnskap med god oversikt over status når det gjeld mikroorganismar og kjemiske stoff hos landdyr, fisk og i mat og fôr er viktig som grunnlag for matvaretryggleik. Veterinærinstituttet har teke del i arbeidet med å sikre forbrukarane trygge matvarer ved forsking, beredskap, diagnostikk, overvaking, rådgjeving og risikovurderingar i heile kjeda frå jord og fjord til bord. Helsetilstanden hos landdyr og fisk i Noreg er generelt svært god. Dette er viktig både for mattryggleiken, for økonomien i næringane og for dyrevelferd.
Påvisning av rabies hos rev frå Svalbard syner at det er viktig å ha ein god beredskap mot denne alvorlege sjukdommen for menneske og dyr. Hos produksjonsdyr var funnet av mædi i ein sauebesetning eit nytt døme på at visse sjukdomar kan vera vanskelig å finne ved kliniske undersøkingar og ved kjøttkontroll. Risikoen for sjukdomar frå utlandet synes å vere særleg stor hos fjørfe.
Kampen mot prionsjukdommane kugalskap og scrapie i Europa held fram, men fokus har i ei viss mon skifta frå kugalskap til scrapie (skrapesjuke). Dette skuldast at ein ikkje kan utelukke at sau har fått fôr med det smittestoffet som er årsak til kugalskap. I samband med den utvida undersøkinga av scrapie i Noreg har Veterinærinstituttet avdekt ei ny form for scrapie hos sau som har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Dette har samanheng med at den nye typen scrapie ikkje let seg nedkjempe med dei avlstiltaka som EU har sett i verk
Norske styresmakter og næringar har etter fleire års arbeid på det næraste lukkast med å nedkjempe dei kostbare dyresjukdommane ringorm og virusdiaré hos storfe, og smittsam grisehoste. Veterinærinstituttet har spelt ei sentral rolle i dette arbeidet.
Innan oppdrettsnæringa skaper sjukdomar årsaka av virus og parasittar stadig større problem. Veterinærinstituttet tek del i arbeidet med å førebyggje desse sjukdommane ved å diagnostisere sjukdomar, klarlegging av risikofaktorar og ved forsking på førebyggande tiltak, mellom anna vaksinar.
Behovet for diagnostiske analyser med moderne metodar aukar innan dei områda Veterinærinstituttet arbeider. Dette gjeld mellom anna analyser av genmodifiserte organismar i mat og fôr. Veterinærinstituttet tok i 2002 i bruk eit nytt laboratorium for sjukdomar med genteknologiske metodar. Laboratoriet er bygd og utstyrt på ein slik måte at det kan nyttast både til forsking og til analyser som skal danne grunnlag for vedtak i forvaltninga.
Veterinærinstituttet har levert omfattande tenester knytt til overvakings-, kartleggings- og kontrollprogramma som er etablert m.a. gjennom EØS-avtalen. Desse programma dokumenterar status for, og i mange høve fridom frå alvorlege sjukdomar og smitteemne og kjemiske stoff hos landdyr, fisk, skjell og produkt. Den engelskspråklege rapporten der resultata blir presentert, har vore til nytte både for forvaltninga sitt arbeid i internasjonale fora, og for næringar som skal eksportere avlsmateriale eller produkt frå norsk husdyrbruk og havbruk.
Resistens hos bakteriar mot antibiotika og andre kjemiske stoff kan føre til alvorlege problem ved behandling av infeksjonssjukdomar hos menneske, landdyr og fisk. Førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar hos landdyr og fisk i Noreg er generelt låg. Undersøkingane ved Veterinærinstituttet har synt at langvarig bruk av desinfeksjonsmiddel kan føre til resistente bakteriar. Dette gjeld og vanlege desinfeksjonsmiddel som blir nytta i hushaldningar og ved produksjon av matvarer.
Det internasjonale trusselbiletet gjer det framleis nødvendig å ha høg beredskap når det gjeld smitteemne og kjemiske stoff som kan nyttast i samband med terror. Beredskapen ved Veterinærinstituttet har omfatta både kunnskap om diagnostikk og førebyggjande tiltak, og spesielle laboratorium for rask og sikker påvising av smitteemne. Veterinærinstituttet har i 2002 bygd eit eige tryggingslaboratorium som kan nyttast til sjukdomar av mikroorganismar som kan vera ei fare for menneske, dyr og miljø.
Veterinærinstituttet har auka innsatsen innan risikokommunikasjon i 2002 og planlegg ein ytterlegare auke i samarbeid med andre delar av styresmaktene. Informasjon om resultat frå forsking og andre sjukdomar ved Veterinærinstituttet til forbrukarar og næringar blir stadig viktigare som ein del av arbeidet med å sikre reell og opplevd mattryggleik.
Budsjettframlegg 2004
Som ledd i prosessen med å utvikle eit marknadsbasert system for laboratorietenester og FoU-basert forvaltningsstøtte i samband med etableringa av Mattilsynet, tek ein i 2004 sikte på at alle midlane som er nytta til rutineanalyser ved Veterinærinstituttet skal førast på Mattilsynet sitt budsjett. Samstundes vil ein auke den delen av løyvinga til rådgjeving som blir ført på Mattilsynet sitt budsjett. Det gjer at den direkte overføringa frå Landbruksdepartementet til Veterinærinstituttet blir redusert med 20 mill. kroner, som blir overført til Mattilsynet, jf. omtale i kat. 15.10.
Veterinærinstituttet vil føre vidare si sentrale rolle når det gjeld sjukdom og helse hos fisk og andre akvatiske dyr også etter at ansvaret for lovgiving knytt til sjukdomar hos fisk og skjel blir overført til Fiskeridepartementet frå 01.01.2004. I samband med overføringa av dette ansvaret er det rammeoverført 30,3 mill. kroner til Fiskeridepartementets budsjett kap. 1023, post 51. Det er lagt til grunn at desse midla skal nyttast til oppgåver ved Veterinærinstituttet.
Den nye matlova legg opp til eit klarare skilje mellom fag, forvaltning og politikk. Departementet legg derfor vekt på at Veterinærinstituttet utviklar seg vidare som uavhengig faginstitusjon med sterk vitskapeleg basert kompetanse innan områda fôr- og mattryggleik og helse hos landdyr, fisk og skjel. Veterinærinstituttet skal prioritere forvaltningsretta forsking, og levere tenester til Mattilsynet og styresmaktene innan kjerneverksemdene risikovurderingar, beredskap, referansefunksjonar, diagnostikk, analyser og rådgjeving.
Veterinærinstituttet skal halde fram arbeidet med å halde høg beredskap og utvikle kunnskapen knytt til alvorlege sjukdomar hos landdyr og fisk. Dessutan skal instituttet leggje vekt på kompetanse innan overvaking av tapsbringande sjukdomar og helseproblem, m.a. dyresjukdomar som kan overførast til menneske, sjukdomar med lang inkubasjonstid, antibiotikaresistens og helseproblem på grunn av giftstoff produsert av ulike mikroorganismar og planter. Veterinærinstituttet skal styrkje kompetansen når det gjeld nyare metodar for påvising av genmodifiserte organismar og matallergi, og halde fram satsinga på risikovurderingar og internasjonalt arbeid.
Dei regionale laboratoria ved Veterinærinstituttet skal utviklast vidare, m.a. for å tene nye oppgåver som følgje av oppdrett av nye fiskeartar. Veterinærinstituttet sitt laboratorium i Harstad skal styrkast med ei oppdragseining for å greie ut faglege problem knytt til dyrehelse og fiskehelse i nordområda, inkludert Svalbard og Barentsregionen. Dette arbeidet må gjerast i samarbeid med andre institusjonar og departement.
Som ein del av arbeidet med å styrkje den nasjonale kompetansen innan dyrevelferd skal Veterinærinstituttet utgreie organiseringa av rådgjevinga om ulike problemstillingar knytt til dyrevelferd hos pattedyr, fugl og fisk. Det er såleis ein føresetnad at forvaltningsstøtte frå Veterinærinstituttet innan dette området skjer i nær kontakt med nasjonale og internasjonale fagmiljø.
St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) la opp til større vektlegging av epidemiologiske analyser av helse- og miljødata innan matområdet som grunnlag for risikovurderingar og forvaltningsmessige tiltak. I samband med dette vil Veterinærinstituttet få oppgåver med innsamling, vidarearbeiding og rapportering av helse- og sjukdomsdata innan instituttet si kjerneverksemd.
Veterinærinstituttet sitt ansvar innan matområdet skal først og fremst vere konsentrert om mattryggleik. For å oppnå ein kostnadseffektiv arbeidsdeling skal instituttet samordne verksemda med andre forskingsmiljø som arbeider med mattryggleik.
Løyvinga til arbeidet med zoonosar ved Norsk zoonosesenter i samarbeid med Nasjonalt folkehelseinstitutt, skal førast vidare i 2004.
Frå 01.01.2004 blir den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta avvikla. For offentleg sektor legg ein opp til ein kompensasjonsordning gjennom justerte rammeoverføringar for dei verksemder som frå 2004 går over til å nytte høgste sats. Posten er i samband med dette oppjustert med 0,77 mill. kroner.
Post 51 Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling, Planteforsk
Mål og strategiar
Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling innan planteproduksjon, og eit nasjonal kompetansesenter i plantefaglege spørsmål. Planteforsk har som mål å utvikle kunnskap og metodar som medverkar til:
effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet
miljøvenlige produksjonsformar, inkludert økologiske
god plantehelse
rasjonell og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget
trygg mat fri for plantevernmiddel
redusert avrenning frå jordbruksareala
Strategiane for å nå desse måla er:
rett kompetanse
kvalifiserte og dyktige medarbeidarar
tilpassa organisasjon og leiing
nært samarbeid med Forsøksringane og andre FoU-organisasjonar
nært samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking og utvikling
regional forankring
Resultatrapport 2002
Forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling har eit langsiktig perspektiv der fleire aktørar medverkar. Det er derfor vanskeleg å talfeste den einskilde aktøren sitt bidrag til dei endringane som kan målast. Nedanfor er omtalt nokre døme på praktiske resultat på område der Planteforsk har vore ein vesentleg leverandør av kunnskapsgrunnlaget.
Arbeidet med å redusere kostnadene i planteproduksjonen har ført til lågare kostnader gjennom ei årrekkje. Siste års resultat syner likevel at kostnadene for innsatsfaktorane har auka så mykje at det medfører auka kostnader i kornproduksjonen. På grunnlag av resultat frå forsking på nye metodar som reduserer behov for gjødsel (startgjødsling i korn, delt gjødsling) og meir presis og meir omfattande varsling av skadeorganismar, kan ein forventa at nedgangen i forbruket vil forsette. Om kostnadane totalt sett vil gå ned er avhengig av ein moderat prisutvikling på innsatsfaktorane.
Det blir heile tida arbeidd med å utvikle nye rådgjerder mot plantesjukdomar og skadedyr, med vekt på alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Arbeidet skjer både på eit praktisk plan og i aukande grad med bioteknologiske metodar.
Forsking på miljøkonsekvensar frå plantevernmiddel har sett Planteforsk i stand til å utvikle nedkjempingsstrategiar som reduserer risikoen for utvasking.
Planteforsk arbeider med å utvikle metodar for lønsam økologisk planteproduksjon i heile landet. Ein av dei viktigaste oppgåvene er å utvikle dyrkingsmetodar for ein lønsam og berekraftig økologisk kornproduksjon, noko som er nødvendig for å auke farta i omlegginga til økologisk produksjon. Også innan konvensjonell dyrking er det stor interesse for resultata frå forsking på økologiske dyrkingsmetodar, så arbeidet kan få stor nytteverdi for heile landbruket.
Beitebruken har vore på veg opp, men stagnerte i 2001. Planteforsk arbeider langsiktig på dette området, både innan intensiv produksjon med betre styring av beitebruk for mjølkekyr og meir ekstensiv utnytting av beite som ein del av kulturlandskapspleie.
I eit nært samarbeid med kraftfôrindustrien og Noregs landbrukshøgskole arbeider Planteforsk for å auke parten av norskprodusert kraftfôrråvare i kraftfôrblandingane.
Planteforsk har i nært samarbeid med næringa og andre forskingsinstitusjonar snudd ein negativ trend for norsk matpotet, noko som både har ført til auka marknadsdelar for norske matpoteter og auka forbruk i 2002.
Planteforsk har tatt i bruk ein ny vitskapeleg metode for risikovurdering av farlege skadegjerarar. Denne metoden vil vere eit nyttig verkty for framtidige risikovurderingar.
Det blei i 2001 vedteke å opprette eit Nordnorsk kompetansesenter for landbruk og innlandsfisk i regi av Planteforsk med lokalisering ved Holt forskingssenter. I 2002 blei det avsett 6 mill. kroner til verksemda, derav 3 mill. kroner i eingongsløyving. Det er førebels tilsett direktør og tre saksbehandlarar ved senteret som har fått namnet Nordnorsk kompetansesenter Holt. Ei sterkt brukarorientert referansegruppe er oppnemnd. Senteret skal vera ein koplingsboks mellom fagmiljø og ikkje byggje opp konkurrerande kompetanse med dei andre fagmiljøa i landsdelen.
Planteforsk har sekretariatsoppgåva for Genressursutval for kulturplanter, og den samla aktiviteten til utvalet utgjer Nasjonalt program for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar til matproduksjon og landbruk. I 2002 er det gjennomført førstudier og avgrensa undersøkingar av kva som finst av genetisk mangfald i plantegrupper som veksthusblomar, stauder, jordbær, moreller og bjørnebær. Utgreiingane har vurdert kva for materiale som er truga og foreslått korleis verdfulle sortar kan takast vare på i feltgenbankar. Det er også gjort studiar av kva som skjer i beiter og kulturlandskap når husdyra blir borte og jordbruksdrifta tek slutt, og korleis ein kan peike ut og syte for drift av utvalde enger slik at artane sine leveområde kan haldas i hevd. I 2002 blei det elles gjort avtalar med klonarkiva i frukt slik at sortane som er planta ut ved 9 ulike bygdetun, lokale muse og liknande er sikra.
Rehabilitering av Fellesbygget fase 1, som blei starta i januar 2002, vil bli fullført omkring årsskiftet 2003/2004. Fase 1 omfattar vestfløy, midtfløy og undervisningsfløy samt nødvendig brannteknisk oppgradering av austfløy og har ei styringsramme pr. 01.07.03 på 129,2 mill. kroner. Renoveringa av vestfløya blei ferdig slik at Planteforsk Plantevernet flytta inn i denne i februar 2003.
Budsjettframlegg 2004
Planteforsk deltek i interimstyret som leiar arbeidet med å etablera eit selskap for den FoU- og analyseverksemda som i dag blir driven av dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk. Ein tek sikte på samanslåing til eit selskap seinast 01.01.2005. Til delvis dekning av driftskostnader knytt til interimsorganisasjonen for samordning av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk er det sett av 1 mill. kroner på post 51. Det blir og sett av midlar til dekning av desse kostnadene over kap. 1137 post 50. Det visast til omtale under kat 15.20 Forsking og utvikling.
Framlegget omfattar finansiering av vitskapeleg basert forvaltningsstøtte til Landbruksdepartementet og underliggjande etatar, m.a. Mattilsynet. Framlegget omfattar òg oppgåver Planteforsk skal utføre innan utvikling og kunnskapsformidling.
For å gi fagleg grunnlag for verksemda til forvaltninga skal Planteforsk utføre desse oppgåvene:
gi effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar. Planteforsk skaffar oversikt over plantehelsa i Noreg
vere kunnskapsbase for forvaltning på plantehelseområdet
skaffe data om ulike plantesortar som grunnlag for godkjenning/rettsvern av norske og utanlandske plantesortar
skaffe kvalitetssikra data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel til bruk i norsk planteproduksjon
ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet. Dette skal gje grunnlag for betre utnytting av gjødsla og redusert næringsavrenning
skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet
gjennomføre effektive og kvalitetssikra analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabiler som grunnlag for effektiv matvarekontroll
gjennomføre langvarige gjødsel-/referanseforsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket
utvikle automatiske rettleiingstenester
Viktige oppgåver knytt til utviklingsarbeid og kunnskapsformidling er:
skaffe dyrkarane plantemateriale av godkjende sortar som er fritt for skadegjerarar
drive utprøving for å medverke til redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel
redusere kostnadane i grovfôrproduksjonen
medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet
gjere forskingsresultat tilgjengelege for brukarane
ha kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. utifrå eit kulturlandskaps- og dyrkingssynspunkt
skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking
fremme kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff
gi presise råd til dyrkarane om bruk av plantevernmiddel og gjødsel
Tenestene innafor desse områda blir delfinansierte av brukarane, enten ved avgift/gebyr eller ved direkte betaling for tenestene.
Med utgangspunkt i komande handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, vil Planteforsk truleg bli tillagt oppgåver med å skaffe fram kunnskap på området.
Kartlegginga av genetiske ressursar i kulturvekstane i Noreg vil halde fram i 2004. Viktige plantegrupper er engvekster som gras og kløver i kulturlandskapet, frukt og bærslag og prydplanter som forsvinn frå hagar og grøntanlegg når stell og kulturarbeid tek slutt.
Arbeidet med å etablera samlingar av planter som stauder, veksthusplanter, roser og bær, og plante inn sortar og genetiske variantar av planter som er truga, held fram i 2004.
Informasjonssystemet som blei etablert i 2003 vil i 2004 være fullt funksjonelt og vil gi høve til både å leggje inn og hente ut data om genressursar elektronisk. Samstundes skal aktiv informasjonsverksemd skape ei meir bevisst haldning til verdien av det biologiske mangfaldet, og meir konkret føre til at institusjonar, foreiningar og privatpersonar tek aktiv del i både registrering av planter og i å ta vare på dei.
Det er ikkje avsett midlar til rehabilitering av Fellesbygget fase 2. Finansiering/gjennomføring av dette vil bli vurdert i samband med samordningsprosessen vedrørande organisering av Planteforsk, NORSØK og Jordforsk i ein organisasjon.
Som følgje av overføring av forvaltningsansvar er 10,617 mill. kroner overført frå Planteforsk kap. 1112 post 51 til Statens landbruksforvaltning kap. 1143 post 74 der meir om bakgrunnen for overføringa er omtalt.
Frå 01.01.2004 blir den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta avvikla. For offentleg sektor legg ein opp til ein kompensasjonsordning gjennom justerte rammeoverføringar for dei verksemder som frå 2004 går over til å nytte høgste sats. Posten er i samband med dette oppjustert med 2,66 mill. kroner.
Post 52 Støtte til fagsentra
Fagsentra i Planteforsk blei etablerte i 1995. Dei fire fagsentra er Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark.
Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innan kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg forskingsoppdrag, men då styrt av forskingssentra i Planteforsk.
Sæter er engasjert i sauenæringa med fokus på næringsutvikling. Fureneset har som mål å bli eit senter for næringsutvikling og utprøving innan landbruk, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar. Med nye driftsbygningar, store jordvidder og beiteland har Tjøtta gode vilkår for si utviklingsverksemd innan økologisk landbruk, driftssystem og næringsutvikling, særleg for sau og ammekyr. Svanhovd er eit senter innan utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruk- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Miljøsenteret har òg oppdrag frå lokale, regionale og nasjonale oppdragsgjevarar. Den nye konferanseavdelinga gjer at miljøsenteret no har eit komplett anlegg for formålet. Miljøsenteret etablerte sommaren 2001 eit nasjonalparksenter for Øvre Pasvik nasjonalpark.
Resultatrapport 2002
Fagsentra fungerer etter intensjonen. Overgangen frå landbruksforsking til utviklingsarbeid og service har kome langt. Investeringane i bygningar på Tjøtta og Svanhovd gjer desse fagsentra til attraktive medspelarar. Sæter og Fureneset er ikkje like godt utrusta, men også dei dreg fordel av å vere med i nettverket i Planteforsk. Tilgangen på oppdrag er ein god indikator på kor vellukka ordninga er. Fram til no har tal oppdrag auka mykje, og oppdragsinntekta har òg auka. Fagsentra har mange, men oftast små oppdrag. Dette set store krav til effektiv administrasjon for å få god nok lønsemd. Oppdragsinntekta ved fagsentra auka frå 11,7 mill. kroner i 2000 via 13,0 mill. kroner i 2001 til 14,2 mill. kroner i 2002.
Budsjettframlegg 2004
Samarbeidet mellom fagsentra og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen må utviklast vidare for å skape støre breidde i produktspekteret til Planteforsk og for å gjere resten av kompetansen i Planteforsk tilgjengeleg. Om lag halvparten av løyvinga blir styrt av dei aktuelle fylkesmennene.
Kap. 1114 Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 4114)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 246 406 | 230 776 | |
Sum kap 1114 | 246 406 | 230 776 |
Resultatrapport 2002
Talet på personar som er registrert smitta av Campylobacter, har gått ned i 2002, men Campylobacter er enno den matborne sjukdomen som er vanlegast her i landet. Det går føre seg ein god del kartlegging og forsking for å finne smittekjeldene. I 2001 blei det sett i verk ein handlingsplan mot Campylobacter i fjørfe. Handlingsplanen blei vidareutvikla og betra i 2002.
Talet på personar som er smitta av Salmonella, har òg gått ned samanlikna med 2001. Noreg er framleis eit av få land i verda med lite Salmonella. Som for tidlegare år viser tala at dei som blir sjuke, oftast er smitta i utlandet.
I 2002 fekk vi for første gong eit sjukdomstilfelle knytt til marine algegifter i krabbe.
Den særskilde merkeordninga for storfekjøt gjennom forskrifta om opphavsmerking av ferskt storfekjøtt, blei sett ut i livet i april 2001. Framlegg til endringar i forskrifta var ute til høyring i 2002 og vil føre til at føresegnene om frivillig opphavsmerking av ferskt storfekjøt tek til å gjelda.
Som ei nasjonal ordning har Noreg gjennomført kommisjonsforordning 999/2001/EF om reglar for førebygging, kontroll og utrydding av overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE), før ho var vedteken i EØS-komiteen. Det er gjort ved fastsetjing av SRM-forskrift og TSE-instruks. I 2002 er det teke ut ca. 10 000 prøver på slakteri for TSE-testing av normalslakta storfe over 30 månader, ca. 10 000 prøver frå risikopopulasjonsdyr (naudslakt, avvikande slakt og importerte) av storfe over 24 månader og ca. 14 400 prøver av småfe over 18 månader. Det blei ikkje påvist nokon tilfelle av positive storfe i 2002, men fem tilfelle av TSE (atypisk skrapesjuke) hos sau.
Hausten 2002 inviterte SNT dei kommunale næringsmiddeltilsyna til å vere med i ein tilsynskampanje der det skulle fokuserast særleg på frambod av varer som var ulovleg produserte eller ulovleg importerte. 17 kommunale næringsmiddeltilsyn var med. Det blei avdekt frambod av ulovleg importert kjøtt (kylling), og dessutan svært dårleg hygiene i ein del serveringsverksemder.
Hausten 2002 sette også ei rekkje kommunale næringsmiddeltilsyn fokus på matvarer i daglegvarehandelen. Ei rekkje butikkar kom i media sitt søkjelys etter at næringsmiddeltilsyna oppdaga slurv med mellom anna innfrysing av kjøtt og til dels uhygieniske tilhøve i ferskvarediskar osv.
80 pst. av dei knapt 2000 verksemdene som står under statleg tilsyn, og 56 pst. av dei ca. 37 000 verksemdene som står under kommunalt tilsyn, har eit internkontrollsystem (IK-MAT) som fungerer. Det er ein auke på 4 pst. frå 2001 for begge kategoriane.
Det er ikkje gitt løyve til å bruke genmodifiserte matvarer og matvareingrediensar i Noreg. Problemet er at ein ikkje kan basere seg på analysar aleine for å finne ut om forskriftene blir følgde. Dokumentasjonen frå frambydarane av korleis dei unngår å ta inn produkt som inneheld genmodifisert materiale, blir difor viktig. Tilsynsprosjektet for 2002 la stor vekt på dokumentasjonskontroll og vurdering av dokumentasjonen som blei lagd fram. Arbeidet er følgt opp med eit nytt prosjekt, som set søkjelyset på dokumentasjonskontroll.
Ein overvaker nitratnivået i grønsakar for å finne ut om dei fastsette grenseverdiane blir etterlevde, og om dyrkingsrettleiaren som blei utarbeidd i 2002, har gjort sitt til å få ned nitratnivået i salat og spinat. Det er førebels ikkje registrert noka særleg betring i nitratnivået i høve til tidlegare undersøkingar.
Det er funne restar av plantevernmiddel over grenseverdiane i 3,5 pst. av alle analyserte prøver i 2002. Det er ein liten nedgang samanlikna med 2001, då talet låg på ca. 4 pst. Nedgangen er positiv, ikkje minst fordi det i 2002 òg er lagt vekt på å ta ut produkt der det tidlegare har vore overskridingar av grenseverdiane, og fordi grenseverdiane for somme stoff er sette ned. I tillegg har ein analysert for 13 nye stoff i 2002.
På bakgrunn av funn i Sverige gjennomførte SNT ei risikovurdering av inntak av akrylamid frå næringsmiddel basert på norske kosthaldsdata og tilgjengelege analyseresultat for akrylamid i mat. Parallelt blei det sett i gang akrylamidanalysar av 30 produkt som blir selde på den norske marknaden. I juni 2002 blei det etablert eit nasjonalt akrylamidnettverk koordinert av Matforsk, Næringsmiddelbedriftenes Landsforening og SNT. Hovudfokuset rettar seg mot produktgruppene brød og potetchips. SNT gjennomførte òg i november/desember 2002 analysar av akrylamid i kaffi og barnemat.
Dei førebels konklusjonane tyder på at ut frå det gjennomsnittlege risikoestimatet for menn og kvinner vil akrylamid i kaffi saman med mat teoretisk føre til ca. 40 ekstra krefttilfelle pr. år. Eksponering for akrylamid i barnegraut reknar ein isolert sett som uvesentleg i høve til den totale akrylamiddosen folk blir utsette for gjennom livet.
Overvaking av inntaket av framandstoff er eit viktig tiltak for å sikre folkehelsa. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk et av dei aktuelle matvarene. SNT samarbeider med andre institusjonar for å oppdatere eksisterande konsumdata og utvide talet på matvarer som ein har konsumdata for.
Arbeidet med forbrukarorientering blei vidareførd i 2002. Internettportalen matportalen.no og dei matpolitiske forbrukarpanela blei særleg prioritert. Desse blei først etablert i 2003.
SNT har vore med i styringsgruppa og fleire arbeidsgrupper i samband med planlegginga og det førebuande arbeidet med Mattilsynet. SNT har òg hjelpt til med store personalressursar i arbeidet med å laga ny matlov.
Budsjettframlegg 2004
Verksemda til Næringsmiddeltilsynet vil frå 01.01.2004 inngå i det nye Mattilsynet, jf. kap. 1115.
Kap. 4114 Statens næringsmiddeltilsyn (jf. kap. 1114)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Gebyr og analyseinntekter m.m. | 225 451 | 316 413 | |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 671 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 1 743 | ||
Sum kap 4114 | 227 865 | 316 413 |
Post 01 Gebyr og analyseinntekter
Posten omfattar inntekter frå ulike gebyr og avgifter knytt til Statens næringsmiddeltilsyn si verksemd. I samband med etableringa av Mattilsynet er posten overført kap. 4115. Det visast til kap. 4115 for ei nærare omtale av finansieringa av matforvaltninga.
Kap. 1115 Mattilsynet (jf. kap. 4115)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 90 000 | 1 031 698 | |
70 | Tilskott til veterinær beredskap | 66 650 | ||
Sum kap 1115 | 90 000 | 1 098 348 |
Mål og strategiar
Mattilsynet vil frå 01.01.2004 ta over forvaltningsoppgåvene som har blitt løyst av Statens landbrukstilsyn, Statens dyrehelsetilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn. I tillegg tek Mattilsynet over tilsynet med sjømat frå Fiskeridirektoratet og det utøvande tilsynet med næringsmiddel frå dei 85 kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyna (KNT). Gjennom denne omorganiseringa blir det etablert eit forvaltningsorgan som får tillagt eit samla ansvar for å føre tilsyn gjennom heile matproduksjonskjeda frå innsatsvarer til ferdig mat for så vel sjømat som landmat. Mattilsynet vil vere fagleg underlagt Landbruksdepartementet, Fiskeridepartementet og Helsedepartementet, medan det administrative ansvaret for Mattilsynet er lagt til Landbruksdepartementet.
Mattilsynet skal spele ein sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken. Mattilsynet vil såleis ha hovudansvaret for å forvalte verkemidla knytt til måla om trygg mat, god plante- og dyrehelse og etisk forsvarleg dyrehald, og vil i tillegg medverke på andre matpolitiske område, som ernæring og matforsyning, i kraft av eige oppgåveportefølje og kompetanse. Mattilsynet vil òg ha viktige oppgåver knytt til beredskap og regelverksutvikling. Mattilsynet skal framstå som ein premissleverandør for det politiske miljøet, m.a. gjennom faglege råd og aktiv deltaking i den matpolitiske samfunnsdebatten. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonalt samarbeid.
Mattilsynet vil ha brei fagkompetanse på ulike område, og dette må derfor utnyttast til å løyse andre viktige oppgåver som ikkje direkte har samanheng med matproduksjon. Dette gjeld m.a. tilsyn med planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjonen, tilsyn med kosmetikk og tilsyn med omsetjing av reseptfrie lækjemiddel.
Den overordna målsetjinga for Mattilsynet er å sjå til at maten som blir budd fram for forbrukar, er trygg. Mattilsynet vil arbeide for:
hygienisk forsvarleg produksjon og omsetning av mat
at mat og drikkevatn ikkje skal innehalde stoff i mengder som kan medføre helsefare
god matkvalitet og reieleg produksjon og omsetning
friske planter, fisk og dyr
etisk forsvarleg hold av fisk og dyr
ein miljøtilpassa produksjon
å utvikle ein framtidsretta, open og effektiv forvaltning, med innsyn og medverknad
Mattilsynet skal forvalte komplekse fagområde. Dette krev open, fagleg og balansert kommunikasjon, mellom anna for å kunne sikre at forbrukarar og næringsliv har tillit til både maten og matforvaltninga.
Matforvaltningsreforma og etableringa av Mattilsynet medfører store omstillingar. Det vil vere eit viktig mål å få gjennomført etablering og omstilling på ein slik måte at både økonomiske, organisatoriske, faglege og personalpolitiske mål med reforma blir nådd så raskt som mogleg.
I det strategiske arbeidet vil Mattilsynet i den første fasen etter etableringa særleg leggje vekt på:
å oppnå eit einskapleg, heilskapleg og habilt tilsyn
samarbeid med andre og aktiv kommunikasjon med forbrukarane og næringsaktørar
å utvikle eit felles verdigrunnlag og ein felles organisasjonskultur
kunnskapsoverføring mellom medarbeidarar og kompetanseoppbygging på nye forvaltningsområde
Mattilsynet vil ha ein aktiv informasjonspolitikk og rettleie om regelverket dei forvaltar, for slik å leggje til rette for gode relasjonar med forbrukarar, næringsaktørar i stor og liten skala og allmennheita.
Status for etableringa av Mattilsynet
Mattilsynet er etablert som ein interimorganisasjon i 2003. Administrerande direktør er tilsett og har leia arbeidet med å førebu Mattilsynet på å overta forvaltningsansvaret på matområdet frå 01.01.2004. Det har vore viktig å få avklart dei organisatoriske spørsmåla som stod att etter Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003). Desse spørsmåla blei avklart før sommaren gjennom forhandlingar og drøftingar mellom Mattilsynet og tenestemannsorganisasjonane. Det er m.a. avklart at regionkontora i Bergen, Ås og Sandnes skal ha særskilt kompetanse på høvesvis produksjonskjedene for sjømat, planter/vegetabilier og landdyrmat. Regionkontora i Sortland og Ringsaker skal ha driftsansvar for høvesvis økonomi/lønn/avgiftsinnkrevjing og IKT/sentralarkiv. Desse funksjonane skal løysast på regionnivå for heile etaten og utgjer samla sett vel 100 årsverk. Når det gjeld distriktsleddet er det bestemt at Mattilsynet skal ha 64 distriktskontor. I tillegg blir det etablert 12 ekstra kontorstader i distriktsleddet for å sikre tilstrekkeleg nærleik i vidstrakte distrikt. Vidare er lokaliseringa av distriktskontora i all hovudsak avklart. Det er oppnådd semje om organiseringa av sentralleddet i fire avdelingar.
Arbeidet med bemanning av Mattilsynet og innplassering av personell byggjer på dei organisatoriske avklaringane som er oppnådde. Arbeidet med etablering av administrative system og kontor skjer i høve til plan. Lokale for regionkontora er under etablering, medan etablering av distriktskontora vil skje i 2004. I tillegg blir det arbeidd med ei rekkje prosjekt på ulike fagområde slik at Mattilsynet skal vere førebudd på å overta tilsynsansvaret frå årsskiftet.
Budsjettframlegg 2004
Etablering av Mattilsynet - omstillingsarbeid i 2004
Mattilsynet vil i 2004 ha stor merksemd retta mot arbeidet med å etablere verksemda innafor endra organisatoriske, geografiske, faglege og forvaltningsmessige rammer.
Leiinga i Mattilsynet vil ha stor merksemd på å etablere den nye organisasjonen og sikre at dei faglege oppgåvene finn sin plass i organisasjonen. Det er ei særskilt utfordring å integrere verksemd frå ulike forvaltningsnivå og verksemd knytt til sjømat og landmat i ein organisasjon. Det vil òg vere ei utfordring å få på plass dei nasjonale kompetanse- og driftssentra slik at desse raskt kan bli ein ressurs for heile organisasjonen. Mattilsynet vil òg prioritere arbeidet med å etablere ein felles tilsynsfilosofi for heile organisasjonen. Dette vil vere eit viktig element i arbeidet for eit einskapleg og heilskapleg tilsyn. EU sin nye kontrollforordning på matområdet vil danne eit viktig grunnlag for utforminga av ein slik tilsynsfilosofi.
Ettersom Mattilsynet blir etablert med grunnlag i fleire relativt ulike tilsynsstrukturar, vil leiinga og organisasjonen stå overfor ein monaleg utfordring. Det vil vere eit stort behov for å gjennomføre tiltak retta mot å utvikle organisasjonen vidare etter etableringa slik at måla som er sett for omorganiseringa, kan bli nådde. Det vil òg vere behov for å gjennomføre tiltak retta mot kompetanseutvikling i alle delar av organisasjonen.
Mange medarbeidarar vil oppleve store endringar i kvardagen, enten gjennom at arbeidsplassen blir flytta eller gjennom endra arbeidsoppgåver. Det er viktig at Mattilsynet gjennomfører omorganiseringa slik at dei personalpolitiske omsyna blir tatt vare på og slik at Mattilsynet ikkje mister verdifull kompetanse. Ein legg til grunn at bruken av personalpolitiske verkemiddel skal målrettast mot behova til Mattilsynet og den einskilde medarbeidar innafor dei omstillingsverkemiddel som er tilgjengelege i staten.
Behova knytt til flytting av verksemd vil ha eit monaleg omfang i 2004. Det vil bli flytta verksemd frå om lag 300 kontorlokalitetar i dei noverande tilsyna til Mattilsynet sine om lag 85 kontorstader. Arbeidet vil i hovudsak gå føre seg i første halvår 2004. Som følgje av at prosessen med å overføre personell frå sentralleddet til regionkontora vil gå over 2-3 år, vil ein måtte finne mellombelse løysingar for å dekkje kontorbehovet ved hovudkontoret i denne perioden. Det er sett av midlar til nødvendige ombyggingar ved hovudkontoret og ved regionkontoret på Ås. I tillegg vil det vere kostnader knytt til oppfølginga av leigeavtaler for kontorlokale i noverande statlege og kommunale tilsyn som ikkje er tenlege for Mattilsynet. Omfanget vil bli avklart i samband med etableringa av lokale for distriktsleddet.
Det er lagt opp til at Mattilsynet skal overta inventar og utstyr frå noverande tilsyn. Det vil i dei første åra likevel vere eit ekstraordinært behov for investeringar i inventar og utstyr for å sikre eit einskapleg driftsmiljø og for på sikt å kunne redusere driftskostnadene i tråd med målet om kostnadseffektiv drift.
Regjeringa har lagt til grunn at det blir etablert tenlege elektroniske saksbehandlingssystem og administrative system i tråd med prinsippa for ein moderne og effektiv statsforvaltning. Systemarbeidet blei starta opp i 2003 og vil halde fram i 2004. Ein vil òg starte opp arbeidet med å samordne og forenkle fagsystema som Mattilsynet overtar frå dei noverande tilsyna.
Det er sett av 230 mill. kroner til omstillingsarbeid i 2004. Desse midlane er m.a. knytt til kostnader til:
avvikling av arkiv
avvikling av husleigeavtalar
etablering av administrative system og fagsystem
personaltiltak
informasjons- og kommunikasjonsutstyr, inventar etc.
organisasjons- og kompetanseutviklingstiltak
Dei tre matdepartementa legg opp til at Mattilsynet skal rapportere særskilt om bruken av omstillingsmidla.
Overføring av oppgåver frå Fiskeridirektoratet og frå dei kommunale og interkommunale tilsyna
Overføring av tilsynet med tryggleik og kvalitet ved sjømat frå Fiskeridirektoratet til Mattilsynet gir eit heilskapleg tilsyn med helse, kvalitet og reielegheit i produksjonen av sjømat.
Omfanget av tilsyn med tryggleik og kvalitet ved sjømat i Fiskeridirektoratet er rekna ut til 75 årsverk. For å hindre at ressurskontrollen i Fiskeridirektoratet blir skadelidande som følgje av flytting av tilsyn, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 11 (2002-2003), har dei tre matdepartementa lagt til grunn at berre 50 personar/årsverk skal følgje med arbeidsoppgåvene sine frå Fiskeridirektoratet til Mattilsynet. Årsverktapet for Mattilsynet grunna overføring av oppgåver frå Fiskeridirektoratet må dekkast av effektiviseringsgevinsten frå etableringa av Mattilsynet. Fiskeridirektoratet skal i 2004 ha ein bistandsplikt for å sikre nødvendig kapasitet og kompetanse når det gjeld tilsyn med sjømat. Bistandsplikta kan t.d. omfatte inspeksjonar og opplæring og vil bli organisert i eit formalisert samarbeid. Fiskeridirektoratet og Mattilsynet vil i tillegg utarbeide ei samarbeidsavtale som angir grenseflatene og samhandlinga mellom dei to etatane.
Som ledd i det økonomiske oppgjeret mellom staten og kommunane er det gjennomført enkeltvise forhandlingar med kommunane om talet på årsverk som skal overførast frå kvart KNT til Mattilsynet. I forhandlingane har både kommunane og staten lagt vekt på å kome til semje om årsverkrammene som støttar opp under hovudprinsippet som er lagt til grunn for overføring av personell. I kommuneproposisjonen blei det lagt til grunn at staten skulle overta 600 årsverk frå kommunane. Etter forhandlingane er dette talet justert opp til 680 årsverk. Det er i budsjettframlegget lagt opp til ein justering av uttrekket frå 160 mill. kroner til 190,5 mill. kroner, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Kommunal- og regionaldepartementet.
Faglege utfordringar
Mattilsynet skal ta aktivt del i kunnskaps- og rettsutviklinga som skjer i internasjonale fora. På område som er viktige for Noreg, skal Mattilsynet medverke til at utviklinga går i ei retning som Noreg er tent med, og at nasjonale omsyn blir tatt vare på best mogleg måte. Arbeidet med å gjennomføre rettsaktar i norsk regelverk må prioriterast. M.a. må nye vedtak med grunnlag i EU si hygieneforordning og kontrollforordning bli sett i verk i 2004 dersom desse rettsaktane blir ein del av EØS-avtalen. Mattilsynet skal medverke til å sikre tilgang til den globale marknaden for norsk sjømat ved samarbeid med andre lands styresmakter.
Det vil vere ei viktig oppgåve for Mattilsynet å få etablert ein felles tilsynsstruktur i heile organisasjonen som grunnlag for eit einskapeleg og heilskapleg tilsyn. Det vil i den samanhengen òg vere viktig å få utvikla eit samordna og effektivt system for kjøp av forvaltningsstøtte og laboratorieanalysar.
Pålagt og prioritert kartlegging og overvaking må førast vidare i 2004. Mattilsynet må kontinuerlig vurdere om dei einskilde overvakings- og kontrollprogramma mot kjemiske stoff i mat, fôr, dyr og innsatsfaktorar og mot smittsame sjukdomar hos dyr og planter og smittestoff i mat, fyller den funksjonen dei er tiltenkt på ein effektiv måte. Programma må justerast dersom endringar i sjukdomssituasjonen krev det.
Mattilsynet vil ha ein kompetanse som er verdifull for det miljøretta helsevernarbeidet i kommunane. Eventuell bistand frå Mattilsynet til kommunane på området vil bli løyst gjennom kjøp av tenester, jf. òg omtale av det miljøretta helsevernarbeidet i St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Helsedepartementet.
Hygiene, smittestoff og skadegjerarar
Mattilsynet må arbeide for at mat og drikkevatn ikkje kan føre til helsefare, eller ikkje er i tråd med krav fastsett i regelverket. Mattilsynet skal òg arbeide for at helsetilstand hos fisk, landdyr og planter er god og at den hygieniske kvaliteten på produkta er akseptabel i høve til krav fastsett i regelverket.
Mattilsynet vil vidareføre tilsynet med import, næringsmiddelverksemder og serveringsstader frå dei noverande kommunale og interkommunale næringsmiddeltilsyna. Det må rettast særleg merksemd mot omsetning av ulovlig importerte matvarer. Eit godt samarbeid med tollvesenet er viktig.
Statistikk og inspeksjonsrapporter frå ESA viser at Noreg har endra hygieneregelverket i tråd med EØS-avtalen sine føresegner på sjømatområdet. Dei ønska resultata er likevel enno ikkje nådd når det gjeld å sikre at næringa etterlever regelverket. For å sikre at Noreg oppfyller forpliktingane under EØS-avtalen, og for å sikre internasjonal marknadstilgang for norsk sjømat generelt, må arbeidet med tryggleik og kvalitet ved sjømat framleis ha høg prioritet.
Det er behov for å styrkje tilsynsinnsatsen med biotoksin. Biotoksin er eit stort og aukande område som omfattar mange grupper av gifter, t.d. mugg-gifter, plantegifter og algegifter. Det blir fokusert stadig meir på slike gifter både internasjonalt og nasjonalt ut frå kunnskap om nye førekomstar og tilfelle av forgifting, m.a. tilfelle av algegifter i krabber med mange sjukdomstilfelle sommaren og hausten 2002.
Beredskapsarbeidet retta mot alvorlege smittsame sjukdomar hos dyr og planter, samt matborne sjukdomar hos menneskje må framleis ha høg prioritet. Dei siste åra har ein internasjonalt erfart at alvorlege sjukdomsutbrot hos dyr har hatt årsak i smitte frå matavfall. Styresmaktene må leggje auka vekt på informasjon til reisande og dyreeigarar om aktuelle førebyggjande tiltak.
Mattilsynet vil få overført godkjenningsansvaret for drikkevatn og produksjonsvatn tilsvarande som for andre matvarer. Dette krev kompetanseoppbygging hos eigne medarbeidarar og utvikling av ein tenleg forvaltningsmodell som dekkjer behova innafor dette viktige området.
For å sikre og heve standarden på norsk plantehelse må det førast tilsyn med at krav som er stilt til produsentane om sikringstiltak i produksjonen og handtering av plantemateriale blir følgd. Elles legg ein opp til å styrkje generell overvaking av farlege planteskadegjerarar, og å føre tilsyn med den stadig aukande importen.
Kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet skal arbeide for at mat- og drikkevatn er i tråd med kvalitetskrav fastsett i regelverket. Mattilsynet skal òg føre tilsyn med at krav om merking og marknadsføring blir følgd. Forbrukarane har blitt stadig meir opptekne av dei etiske sidene kring matproduksjon, særleg når det gjeld dyrevelferd. Dette blir nærare omtalt nedanfor. Mattilsynet forvaltar òg lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.
Handlingsplan for forbrukarorientering av matpolitikken gir ein oversikt over Landbruksdepartementets mål, strategiar og tiltak for forbrukarorientering av departementets del av matpolitikken. Handlingsplanen skal verke som eit styringsdokument, og Mattilsynet vil vere eit sentralt gjennomføringsorgan.
Mattilsynet må òg sjå til at det blir etablert gode samarbeidsrelasjonar til dei forvaltningsområda som grensar opp til matforvaltninga og til bransjeorganisasjonar og organisasjonar som representerer forbrukarinteressene. Gjennom fokus på utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing innan saksområda generelt, skal Mattilsynet etablere rammevilkår og leggje til rette for kompetanseheving hos næringsutøvarane, og vere ein støttespelar i utvikling av næringane innafor Mattilsynet sitt forvaltningsområde.
Den aukande interessa for produksjon av ulike næringsmiddel i mindre skala vil i tida framover krevje ein auke i tilsynsinnsats retta mot denne produksjonsforma. Mattilsynet har fått i oppdrag å utvikle ein tilsynsmodell for mindre matbedrifter. Tilsynsmodellen skal òg gi grunnlag for å etablere gode samarbeidsrutinar mellom dei mange offentlege aktørane som er involvert i ein slik produksjonsform.
Mattilsynet skal delta i arbeidet med oppfølging av Ot.prp nr. 55 (2001-2002) Om lov om endringer i legemiddelloven og i Lov 12.01.1995 nr. 6 Om medisinsk utstyr, herunder vidare arbeid med helsepåstandar for matvarer. Det er viktig å utvikle eit regelverk for helsepåstandar i merking og marknadsføring både av omsyn til folkehelsa og ut frå kravet om reieleg frambod.
Mattilsynet må sikre at reglane for sporing både for levande dyr og matvarer blir etterlevd.
Mattilsynet har forvaltningsoppgåver med ordninga Beskyttede betegnelser som blei oppretta i 2002, og utgifter i denne samanheng vil bli dekka av den generelle avgifta for matproduksjon.
Mattilsynet vil ha ansvaret for at det blir ført kontroll med økologisk produksjon. Utøvande kontroll er delegert til DEBIO. Mattilsynet vil føre kontroll med verksemda til DEBIO.
Dyrehelsepersonellova instituerer eit profesjonstilsyn med heimelsgrunnlag for administrative sanksjonar overfor dyrehelsepersonell. Mattilsynet må vidareføre arbeidet med å etablere tilsynsfunksjonen etter denne lova.
Dyrevelferd
Mattilsynet skal gjennom rettleiing, regelverksutvikling og tilsyn arbeide for at dyr ikkje lid i utrengsmål og at dyrehaldet er i samsvar med dyrevernlovgivinga, basert på den etiske plattforma at dyr har eigenverdi. Mattilsynet har budsjettansvar for dyrevernnemndene som har ei sentral rolle i det lokale dyrevernarbeidet.
Mattilsynet skal sjå til at arbeidet med dyrevelferd får ei solid forankring på alle nivå i organisasjonen. Mattilsynet skal leggje vekt på god informasjon og rettleiing til dyreeigarane. I arbeidet med regelverksutvikling og tilsyn skal Mattilsynet gi prioritet til dei tiltaka som er nedfelte i St.meld. nr. 12 (2002-2003), jf. nærare omtale i kat. 15.10.
Andre tilsynsområde
Det er viktig med auka kunnskap om kva for stoff som kan bli danna eller tilført i produksjonskjeda og målretta strategiar for å følgje opp overskridingar og mogleg helsefare. Norsk deltaking i utviklinga av nytt EU-regelverk på PCB er ei viktig utfordring for norsk sjømat og krev solid dokumentasjon frå kartlegging og overvaking av nivå i fisk og skaldyr.
Marknaden for såkalla functional foods og novel foods er stort og i kraftig utvikling. Eventuell iverksetting av nytt regelverk for GMO vil krevje styrka forvaltnings- og informasjonstiltak.
Nye reglar knytt til beriking av matvarer blir utvikla internasjonalt. Det blir auka behov for kartlegging og overvaking for å redusere risikoen for helseskadeleg inntak. Det er viktig at Noreg tek del i og påverkar det som skjer på området internasjonalt, i EU og Codex Alimentarius.
Stortinget føresette ein utstrakt overvaking av barnemat då det blei bestemt å innlemme barnematdirektivet i norsk lovgiving. Mattilsynet vil i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet vidareføre prosjektet om overvaking av barnemat, m.a. gjennom arbeidet med nettbaserte meldesystem. Det er sett av 1 mill. kroner til dette formålet.
Meldingar om allergiske reaksjonar og andre biverknader av kosmetikk og andre kroppspleieprodukt tyder på at dette kan vere eit aukande problem. Ein vil prioritere å få etablert eit meldesystem for registrering av slike effektar for dermed å kunne fange opp og følgje opp dei einskilde tilfella.
Ny handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008) vil òg krevje monalege ressursar frå Mattilsynet.
Mattilsynet får saman med Statens legemiddelverk heimel til å føre tilsyn med lækjemiddel som blir budd fram i daglegvarebutikkar, jf. omtale under kat. 15.10.
Omtale av enkeltposter
Post 01 Driftsutgifter
Budsjettframlegget for Mattilsynet er etablert med grunnlag i budsjettramme på kap. 1115, driftsbudsjetta til dei noverande tilsyna samt budsjettekniske endringar knytt til matforvaltningsreforma, jf. kat. 15.10.
Det særskilte tilsynet som skjer på slakteria utgjer eit stort enkeltområde i Mattilsynet. Utgiftene til dette tilsynet blir førebels ført over Fondet for kjøttkontroll og blir finansiert med eit eige gebyr. Ein legg ikkje opp til endringar i finansieringa sett i høve til 2003. Departementet vil arbeide vidare med sikte på at denne finansieringa inngår i statsbudsjettet, om mogleg i 2005. I 2004 er det budsjettert med utgifter til dette tilsynet på 128 mill. kroner. Ein legg opp til ei auke i dagsverksatsen på 3 pst. til 3500 kroner. Satsar som blir avleidde av denne satsen, må då aukast tilsvarande.
Post 70 Tilskott til veterinær beredskap
I medhald av lov av 15. juni 2001 Om veterinærer og annet dyrehelsepersonell skal det etablerast klinisk vakt for dyrehelsepersonell i alle deler av landet. Som grunnlag for vaktordninga skal Landbruksdepartementet etter forhandlingar inngå ein avtale med Den Norske Veterinærforeining (DNV) om organisering, gjennomføring og godtgjering/tilskott for deltaking. I tråd med protokoll datert 30.01.02 mellom Landbruksdepartementet og DNV skulle ein partsamansett gruppe gjennomføre ein retningsgivande utgreiing for godtgjeringa/tilskottet i 2004. Utgreiinga følgjar proposisjonen som ikkje trykt vedlegg. I rapporten er dei spørsmål som gruppa skulle gjennomgå, behandla. Det er ulike vurderingar frå partane si side i rapporten, både når det gjeld samanliknlege grupper og godtgjeringsprinsipp. Utgreiinga konkluderar med at vaktordninga kan samanliknas med legevaktavtalen og at godtgjeringa i så tilfelle må baserast på tidsbruk.
Utgreiinga gir, slik departementet ser det, ingen avklaring på spørsmålet om godtgjering mellom anna fordi dette ikkje fins dokumentasjon på tidsbruk. Med dei modellane som gruppa la fram, kunne ein kome fram til både ei større og ei mindre godtgjering enn den som ligg i eksisterande avtale. Landbruksdepartementet meiner og det faktum at talet på vaktområde har gått ned frå omlag 200 til 181 i 2003 har gitt ein monaleg auke i honoraret for veterinærane som deltek i ordninga.
DNV la i sine krav for 2004 opp til ei godtgjering som ville ført til ei monaleg auke i kostnadane knytt til vaktordninga. Staten meinte det ikkje var grunnlag i utgreiinga for å auke sjølve nivået for vaktordninga. I alle høve må ei heving av godtgjering/tilskott være basert på betre dokumentasjon. Staten gav difor i forhandlingane tilbod om ei justering som tilsvarer lønns- og prisjustering frå 2002 til 2003. DNV avviste tilbodet, og det blei dermed brot i forhandlingane.
DNV og staten har etablert eit forhandlingssystem der forhandlingane skal finne stad før Stortingets si behandling av St.prp. nr. 1 for det kommande år og forhandlingsresultatet må ta atterhald om Stortinget sitt samtykke. Ut frå dette og ut frå at partane er usemde om materialet for samanlikning av veterinærane sin vaktteneste, er Stortinget den instans som må ta stilling til ramma for vaktordninga. Departementet vil peike på at det er tilbydd ei ramme med kompensasjon for pris- og lønnsvekst, og at arbeidet med å klargjere materialet for vurdering av godtgjeringa bør fortsette. Dette er etter departementet si meining eit rimelig tilbod som er i samsvar med den linje som er lagt i årets inntektsoppgjer. Departementet vil vidare peike på at forhandlingssystemet generelt må vere basert på at det blir oppnådd betre resultat med forhandlingar enn med brot. Ut frå dette foreslår Landbruksdepartementet ein auke i løyvingane til veterinær vaktordning på 1,65 mill. kroner til 66,65 mill. kroner, som er noko mindre enn full kompensasjon for lønns- og prisutviklinga.
Kap. 4115 Mattilsynet (jf. kap. 1115)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Gebyr og analyseinntekter m.m. | 654 206 | ||
Sum kap 4115 | 654 206 |
Forslaget til ny matlov inneheld krav om gebyr og avgifter til finansiering av tilsyn og kontroll innafor det området som blir regulert i lova. For å gjennomføre modellen for finansieringa er det og nødvendig å innføre heimel for gebyr og avgifter i dyrevernlova, husdyravlslova og dyrehelsepersonellova.
Regjeringa legg i budsjettframlegget opp til inntekter frå gebyr og avgifter på om lag 654 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 195 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2003.
Det er lagt vekt på at finansieringa skal framstå som enkel, oversiktleg og logisk. Ut i frå dette er det bygd opp eit tredelt system, der første delen gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som tilsynet utførar for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for enkelte tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig og over tid rettar seg mot konkrete brukarar eller brukargrupper og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Gebyr for særlege ytingar er retta mot oppgåver utført for konkrete brukarar. Det er nytta standardiserte satsar for tidsforbruk basert på ei klassifisering av tidsforbruket i 7 ulike klasser. Dette blir eit samordna gebyrsystem.
Det er lagt opp til at ingen skal betala meir for oppgåva enn det den reelt kostar, og i tillegg skal alle betale det same for same type yting.
Det er ført vidare gebyr på enkelte tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig og over tid rettar seg mot bestemte brukarar eller brukargrupper. Dette gjeld følgjande områder: fôr, plantevernmiddel, innførsel av levande dyr og animalske produkt frå tredjeland, planter/plantedelar som ikkje går til produksjon av mat og andre smitteførande emne relatert til plantehelse, kosmetikk og økologisk produsert mat. I tillegg er det foreslått eit nytt gebyr på vatn for å dekkje utgifter til tilsyn og kontroll.
Tilsyns- og kontrollutgifter knytt til desse oppgåvene er i hovudsak lagt på nivå med berekna tilsynsutgifter.
Avgift for å dekkje kostnader til tilsyn og kontroll med dyrevelferd, avl og veterinær vaktordning for dyr som ikkje nyttast til produksjon av næringsmiddel, inkludert kjæledyr og pelsdyr vil delvis kome til erstatning for dagens avgift på fôr til selskapsdyr, og er på same måten foreslått lagt på det fôret som desse dyra konsumerer.
Avgift for tilsyn og kontroll med produksjon av mat skal finansiere tilsyn- og kontroll langs heile matproduksjonskjeda. Dette gjeld og tilsyn- og kontroll med Beskyttede betegnelser, dyrehelse hos selskapsdyr, samt tilsyn- og kontroll med dyrevelferd, avl og kostnadar til veterinær vaktordning for dyr som produserar næringsmiddel. Kostnadene med tilsyn- og kontroll varierer med dei enkelte varetypar. Ut i frå ein slik ståstad er det på landmatsida spesielt dei animalske råvarene som har den mest omfattande kontrollen, og som får den største avgiftsbelastninga. Det er derfor lagt opp til ei differensiering av avgifta på norskproduserte animalske råvarer og vegetabilier. For kjøtt er det òg pålagt eit gebyr for tilsyn og kontroll på slakteria (kjøttkontrollfondet).
Også sjømatsektoren vil omfattast av ordninga med gebyr for særskilte ytingar, og forskrift om matproduksjonsavgift (landings- og produksjonsavgift). Det er likevel lagt til grunn at konkurransesituasjonen for sjømat- og landmatsektoren er ulik. 95 pst. av all produksjon av sjømat går til eksport, og endringar i næringa sine kostnader som følgje av endra gebyr og avgifter vil kunne ha mykje å seie for konkurransekrafta i forhold til utanlandske tilbydarar. Ut frå desse omsyna vil brukarfinansieringa på sjømatsektoren liggje lågare enn for landmatsektoren. Ved innføring av ordninga med betaling for særskilte ytingar og auke i matproduksjonsavgifta på sjømatområdet, vil kostnadene for næringsaktørane auke i forhold til dagens nivå. Auken i inntektene frå matproduksjonsavgifta på sjømatsektoren vil gi høgare avgifter ved førstegangsomsetning enn i dag.
For kjøtt blir produksjonskvantumet lagt til grunn for avgiftsberekninga, for andre animalia og vegetabila er grunnlaget råvareverdien. Ved import omfattar avgifta råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer.
Parallelt med utvikling av eit nytt gebyr- og avgiftssystem er det blitt innhenta og behandla materiale om ressursbruken knytt til ulike arbeidsoppgåver. Dette materialet gir eit grunnlag for å berekne kostnadene for dei ulike oppgåvene og er blitt nytta ved fastsetjing av gebyr og avgifter. Materialet syner at det er særleg høge kostnader knytt til tilsyn og kontroll med animalske produkt, og særleg kjøtt.
Overslag over ressursbruk i dei noverande tilsyna kan tyde på at importert mat har hatt ei høgare avgiftsbelastning enn norskprodusert mat i høve til kostnadane til tilsyn og kontroll for dei ulike varegruppene. Store deler av importen skjer frå land innafor EØS, der kontrollen har skjedd før eksport. På grunn av auka fokus på importert mat er det likevel rimeleg å tru at tilsyns- og kontrollbehovet på denne sektoren vil utgjera ein større del av det samla tilsynet i 2004. Det er ved berekninga av avgifta tatt omsyn til dette.
Tabell 2.4 Oversikt over gebyr og avgifter under kap. 4115.
(i mill. kroner) | |
---|---|
Nemning | |
Gebyr for særskilte ytingar | 87,0 |
Gebyr for tilsyn og kontroll: | |
- Fôr landdyr | 13,4 |
- Fôr fisk | 4,3 |
- Plantevernmidlar | 16,7 |
- Import planter - ikkje mat | 17,2 |
- Kosmetikk | 1,9 |
- Økologisk mat | 7,0 |
- Innførsel - levande dyr og animalske produkt | 24,0 |
- Drikkevatn (vassverk) | 39,0 |
Sum gebyr for tilsyn og kontroll | 123,5 |
Matproduksjonsavgifter: | |
- Importerte varer | 160,0 |
- Norskproduserte varer | 235,2 |
- Sjømat | 30,0 |
Avgift på fôr til selskapsdyr | 18,4 |
Sum avgifter | 443,6 |
Sum gebyr og avgifter | 654,2 |
Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgiftene:
Norskproduserte varer:
kjøtt: 50 øre/kg
andre animaliar: 1,96 pst.
vegetabilier: 0,88 pst.
Sjømat:
fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: kr 15,50 pr mottatt tonn råstoff
fisk landa frå tredjelandsfartøy: kr 29,70 pr. mottatt tonn
fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: kr 15,50 pr. motatt tonn
produksjonsavgift for oppdrettsfisk: kr 15,90 pr. mottatt tonn fisk til slakting
innfrysingsavgift: kr 1,40 pr. mottatt tonn
fisk som skal nyttast til mjøl og olje: kr 2,10 pr. mottatt tonn råstoff
Importerte varer:
råvarer: 1,43 pst.
ferdigvarer og halvfabrikata: 0,88 pst.
I berekning av gebyr for særskilte ytingar er det lagt til grunn ein timesats på 400 kroner/time.
Grunna systema med etterskotsvis innkrevjing av gebyr og avgifter vil inntekta i 2004 bli om lag 37 mill. kroner lågare enn heilårsverknaden av dei fastsette gebyra og avgiftene. Ein legg derfor opp til at Mattilsynet i 2004 kan foreta bestillingar ut over gitt løyving med inntil 37 mill. kroner.
Alle gebyr og avgifter er knytt til tilsyn og kontrolloppgåver, som det etter lovframlegga er heimel for å dekkje på denne måten. Samla sett svarer gebyr og avgifter til omlag 80 pst av den delen av verksemda innanfor kap. 1115 som heilt eller delvis kan gebyr- og avgiftsfinansierast. Dette ligg innafor heimelsgrunnlaget for gebyr- og avgiftsfinansieringa i Matlova og dei andre lovene som vil bli fremma for Stortinget i haustsesjonen. Etableringskostnadane er ikkje dekt av gebyr og avgifter. Gebyrauken er i hovudsak lagt på særskilte ytingar, vatten og norskproduserte animaliar. Ei avgift på all sjømat omsett i Noreg er vurdert, men er vanskeleg å gjennomføre av administrative grunnar. Ei slik avgift vil bli vurdert seinare.
Programkategori 15.20 Forsking og utvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
1137 | Forsking og utvikling | 279 737 | 298 173 | 309 108 | 3,7 |
Sum kategori 15.20 | 279 737 | 298 173 | 309 108 | 3,7 |
Innleiing
Forsking er eit viktig verkemiddel for å oppfylle mat- og landbrukspolitiske målsetjingar. Mat- og landbruksforskinga skal vidareutviklast som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering. Landbruksdepartementet finansierer forsking og utvikling retta mot næringa, forvaltninga og allmenta sine kunnskapsbehov. Hovudtyngda av forskingsmidlane blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.
Mat- og landbruksforskinga medverkar til gjennomføringa av den nasjonale forskingspolitikken, jf. St.meld. nr. 39 (1998-1999) Forskning ved et tidsskille og Utdanning- og forskingsdepartementet (UFD) sin budsjettproposisjon for 2004. Departementet viser til St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren, St.meld. nr. 40 (1996-1997) Matkvalitet og forbrukertrygghet, St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold Sektoransvar og samordning, St.meld. nr. 12 (2002-2003) Dyrehold og dyrevelferd, St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 og St.prp. nr. 63 (2002-2003) Om reindriftsavtalen 2003/2004, og Stortinget si behandling av desse, når det gjeld føringar for departementet sin FoU-politikk i 2004. Ein viser òg til fagkapitla i denne proposisjonen for prioriteringar som gir føringar for departementet si satsing på forsking, og til budsjettproposisjonen for 2002 for Landbruksdepartementet for ei nærare omtale av Handlingsplanen; Prioritering innan mat- og landbruksforsking.
Forskingsinstitutta Akvaforsk, Bygdeforsking, Jordforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for økologisk forsking (NORSØK), Planteforsk, Skogforsk og Veterinærinstituttet (sjå kap. 1137 post 51), har eit særskilt ansvar for å drive forsking relatert til landbruk og matproduksjon. Matforsk er eit sjølvstendig institutt som driv næringsmiddelforsking, og mottar basisløyving over fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. Lov om forskingsavgift på landbruksprodukt av 26.06.1970. Noregs landbrukshøgskole (NLH) og Noregs veterinærhøgskole (NVH) er sentrale aktørar i mat- og landbruksforskinga med hovudansvar for kompetanseoppbygging og strategisk grunnforsking (jf. UFD sin St.prp. nr. 1 (2003-2004), kapitla 278 og 279). Samarbeidet mellom høgskolane og landbruksforskingsinstitutta er særs viktig.
NVH, NLH og AKVAFORSK opna november 2002 Aquaculture Protein Centre (APC), der visjonen er å medverke til vidare vekst innan oppdrettsnæringa. Dette er eit av Noreg sine 13 nye Senter for framifrå forsking (SFF).
Regjeringa fører vidare den offentlege satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE), jf. UFD sin budsjettproposisjon for 2004. Gjennom denne satsinga ønskjer regjeringa å styrkje norsk biologisk grunnforsking, og særleg marin/akvakultur og medisinsk forsking. Forskingsrådet sine elleve nasjonale teknologiplattformer, kor ein er relatert til planteforsking vil få stor verdi som støttespelarar for mat- og landbruksforskinga.
Målet om å utvikle eit berekraftig og utviklingsorientert landbruk er i stor grad forskingsbasert. Departementet legg vekt på å styrkje koplinga mellom forsking og utvikling. Dette er òg utgangspunktet for departementet si prosjektbaserte satsing Landbruk Pluss. Her er t.d. arbeidet med dei tre verdiskapingsprogramma innan mat, reindrift og trevirke viktig, jf. kat. 15.30. Programma vektlegg samarbeid mellom produsentar og forskings- og utdanningsinstitusjonar for å få til nyskaping, mangfald og verdiskaping gjennom nettverk, rådgiving og kompetanseheving. Regjeringa legg vekt på at desse tre programma i større grad bør sjåast i samanheng og integrerast med andre satsingar til eit heilskapleg næringsutviklingsprogram. Innafor dette inngår satsinga på Regionale innovasjonspilotar som eit viktig reiskap for både produkt- og prosessutvikling i t.d. ei enkelt verksemd. Sentrale aktørar er regionale styresmakter, vareproduserande og tenesteytande verksemder og FoU- og kompetansemiljø. FoU er eit verkemiddel i alle former for arbeid som har næringsutvikling som målsetnad. FoU kan medverke til teknologisk endring, ny utnytting av råvarer og nye marknader samt nye former for organisering og samhandling. Særleg viktig er verksemdene sine evner til å kommersialisere forskingsbasert kunnskap og finne fram til nettverksløysingar for samarbeid med andre innoverande verksemder. Samarbeidsavtala mellom Noregs forskingsråd og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) inneber samarbeid om bruken av ressursar og verkemiddel.
Status
Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137. Her inngår finansiering av forskingsprogram og basisløyving m.m. til dei åtte forskingsinstitutta nemnde i innleiinga.
Den private finansieringa av forskinga innan sektoren skjer i dag hovudsakleg gjennom industrien. Departementet reknar den avgiftsfinansierte forskinga som brukarfinansiering av kollektiv art. Her inngår avgifta på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket og forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. lov av 26.06.1970 nr. 74. Lovas formål og avgiftsgrunnlag blei utvida med verknad frå 2001, jf. budsjettproposisjonen for 2002. Vidare er ein del av avgifta knytt til matproduksjon brukt til forvaltningsretta kunnskapstiltak, og ein del av omsetningsavgifta blir brukt til FoU-relaterte tiltak.
Departementet gjer òg framlegg om løyvingar til forsking over jordbruksavtalen, kap. 1150 post 77.13 og reindriftsavtalen, kap. 1151, samt kap. 1114. I tillegg blir det lagt opp til ei rekkje tiltak knytt til utvikling i tradisjonelle og nye næringar basert på landbruk og til utvikling av kunnskap til bruk i forvaltninga.
Når det gjeld brukarfinansiering med grunnlag i forskingsavgift på landbruksprodukt, gir dette ei inntekt på om lag 70 mill. kroner pr. år. Midlane går til eit fond som blir forvalta av eit partssamansett styre etter retningslinjer fastsett av departementet. Etter at avgiftsgrunnlaget blei utvida med verknad frå 01.07.2001, er det bygd opp ein kapital i fondet som no gjer det mogleg å auke den kollektive innsatsen til mat- og landbruksforskinga monaleg. Departementet legg til grunn at det kan disponerast om lag 10 mill. kroner meir av fondet dei næraste 3 åra enn det som kjem inn av avgiftsinntekter, dvs. om lag 80 mill. kroner pr. år. Dessutan ser ein behov for ei meir effektiv forvaltning av fondsmidlane. Fondsstyret må derfor fokusere på den overordna styringa av midlane, ved først og fremst å fordele midlar mellom forskingsområde. Tildeling til dei aktuelle prosjekta må deretter i hovudsak gjerast av Noregs forskingsråd. Dette gir ei meir kostnadseffektiv og heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i sektoren, og samsvarar betre med føresetnadene for avgifta, jf. m.a. Ot.prp. nr. 6 (2000-2001) der det blir lagt vekt på at omlegginga av forskingsavgifta ikkje må føre til at det blir bygd opp eit forskingsadministrativt system parallelt til Forskingsrådet.
Stortingsvedtaket om kastrasjonsforbod på hanngris trer i kraft frå 2009, jf. St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd. Kunnskapsoppbygginga i høve til hanngrisproduksjon vil i hovudsak bli fulgt opp med basis i forskingsmidla over jordbruksavtalen og forskingsavgifta knytt til matproduksjon.
Tabell 2.5 Samla oversikt over Landbruksdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innan norsk mat- og landbruksforsking. (Tal frå 2003).
(i 1000 kr) | |
---|---|
Område | |
Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet | 142 683 |
Kap. 1137 post 51 Basisløyving m.m. | 155 490 |
Jordbruksavtalen | 38 000 |
Reindriftsavtalen (Reindriftas utviklingsfond) | 4 500 |
Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1 | 50 900 |
FoU avgift på skog (Skogtiltaksfondet)1 | 8 000 |
Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149, post 51)2 | 3 400 |
Matproduksjonsavgifta | 6 900 |
Omsetningsavgifta | 2 000 |
1 Tal frå 2002. (ekskl. adm. utgifter)
2 Løyvinga til Utviklingsfondet for skogbruket var i 2003 lagt under kap. 1142 post 51.
Departementet har i 2004 òg løyvingar til næringsretta utviklingstiltak over jordbruksavtalen, kap. 1150, og reindriftsavtalen, kap. 1151, til forvaltningsretta oppgåver over kap. 1110, 1112, 1139, 1141 og 1147 og til kunnskapsutvikling over kap. 1115.
Strategiar og mål for forsking på mat og landbruk
Til grunn for strategiske prioriteringar ligg departementet sin Langtidsplan for landbruksforskinga (1998-2005): Landbruksforskinga skal, innafor ei etisk forsvarleg ramme, og i brei næringspolitisk samanheng, vere leverandør av kunnskap med vekt på krav frå forbrukarane, verdiskaping, nyskaping, omstilling, miljø, helse og livskvalitet. I tillegg vil forskingsmiljøa si evne til kommersialisering av forskingsresultata bli særleg vektlagt i tida framover.
Langtidsplanen er overordna og langsiktig, medan Handlingsplanen er meir operativ med fokus på forskingsbehov for dei næraste åra. Mat- og landbruksforskinga spenner vidt, og handlingsplanen bind saman satsingane i langtidsplanen og satsingsområda i St.meld. nr. 39 ( 1998-1999) Forskning ved et tidskille.
Tiltak og verkemiddel
Handlingsplanen peikar ut sju område som dannar grunnlaget for prioriteringar innafor departementet si forskingssatsing for 2004 og framover, og gjeld m.a. dei ulike verkemidla under kap. 1137. Dei sju innsatsområda er:
Trygge matvarer
Spesialiserte landbruksprodukt
Kollektive gode
Biologisk mangfald
Klima og energi
Økologisk landbruk
Kunnskapsgrunnlag for utforming av politikk
I Handlingsplanen er utfordringane under desse innsatsområda omtalt. Planen har effektivisert og konkretisert dialogen mellom Landbruksdepartementet, Forskingsrådet og forskingsmiljøa. St.prp. nr. 1 (2001-2002) gir ein meir detaljert presentasjon av handlingsplanen. Departementet legg vekt på at den grunnleggjande forskinga, særleg den strategiske grunnforskinga, blir styrkt, jf. St.meld. nr. 39 ( 1998-1999)
På stadig fleire område blir mat- og landbrukspolitikken utforma gjennom internasjonalt samarbeid, jf. EØS- og WTO-avtalen m.m. Derfor er det viktig at ein nyttar forsking og utvikling aktivt i høve til spørsmål som er sentrale for politiske prioriteringar og utforming av tiltak. Prosjektet Landbruk Pluss fokuserer mellom anna på FoU-basert nyskaping parallelt med nødvendige strukturendringar i landbruket som følgje av m.a. dei internasjonale rammene nemnde ovanfor. Strategien vil vere å utvikle utdanningstilbod og auka bruk av forskings- og utredningskompetanse som grunnlag for næringsutvikling i bygdene. Dette arbeidet må knytte utdanningsinstitusjonar og forskarar nærare utviklingsaktørane. I tillegg vil det vere sentralt å etablere arenaer for spreiing og kommersialisering av forskings- og utredningskompetanse.
I denne samanhengen har departementet nedsett ei kompetansegruppe med fokus på å innhente kunnskap om internasjonale forskingsmiljø som har lykkast i å kommersialisere forsking og utvikling og som har eit tett samarbeid med næringslivet. Muligheiter for faglig medverking og samarbeid om eigarforhold skal utgreiast. I tillegg skal gruppa sjå på system for effektiv spreiing av FoU-resultat både frå nasjonale og regionale forskingsmiljø. Gruppa skal kome med sin rapport i november 2003. Departementet meiner det er nødvendig å leggje eit betre og meir effektivt grunnlag for kommersialisering av mat- og landbruksforskinga. Siktemålet skal vere raskt å nå resultat som kjem opp mot det dei beste forskingsmiljøa andre land kan vise til. Arbeidet vil bli følgd opp innafor dei fastsette budsjettrammene i 2004.
Innan internasjonalt forskingssamarbeid prioriterer departementet europeisk samarbeid gjennom det nye 6. rammeprogrammet i EU. I den samanheng vil fagområda bioteknologi, mattryggleik og helserisiko samt berekraftig utvikling bli sentrale område for mat- og landbruksforskinga. Det er lagt opp til eit sett med nye verkemiddel i det 6. rammeprogrammet, som blir utfordrande både for Noregs forskingsråd og forskingsmiljøa med tanke på koordinering. Departementet legg òg vekt på kunnskapsbehov knytt til internasjonale konvensjonar og styrking av mat- og landbruksforskinga si rolle som premissgivar for utviklingsforsking.
Som ei oppfølging av eit utgreiingsarbeid leia av Landbruksdepartementet i 2002 er det i 2003 i regi av Nordisk Ministerråd arbeidd vidare med forslag til korleis eit nordisk forskings- og utdanningsrom for fisk, jord- og skogbruk og næringsmiddelspørsmål kan implementerast. Framlegg til oppfølging vil bli utarbeidd i 2004.
Med bakgrunn i regjeringa sin USA-strategi vil det bli tatt initiativ til auka forskingssamarbeid med Nord-Amerika. Departementet vil saman med Forskingsrådet kartlegge aktuelle område som kan inngå i ein samla norsk FoU-strategi. Det vil særleg bli sett fokus på områda mattryggleik, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Arbeidet vil bli følgd opp innafor den fastsette budsjettramma for 2004.
Noreg har slutta seg til konvensjonen om det Europeiske skoginstituttet, European Forest Institute (EFI). EFI yter viktige bidrag i kunnskapsproduksjonen og i formidlinga av informasjon om skogforvaltning og skogpolitikk i Europa. Instituttet er òg ein nyttig samarbeidspartnar for vår nasjonale forsking på området.
Organisatoriske endringar og nye alliansar i landbruksforskinga
Som eit resultat av evalueringa av forsking og relevant høgre utdanning innan landbrukssektoren i 2001 føregår det eit arbeid for samordning av dei tre institutta Jordforsk, NORSØK og Planteforsk. I samråd med Miljøverndepartementet blei det frå 01.09.2003 oppretta ein interimsorganisasjon , som skal arbeide med å etablere eit selskap for den FoU- og analyseverksemda som i dag er driven av dei tre institutta innafor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. NLH deltek i arbeidet, og høgskulen si rolle i det nye selskapet skal sjåast i samanheng med deira organisering av randsoneverksemd knytt til dei aktuelle fagområda. Drift av interimsorganisasjonen finansierast dels av dei deltakande institusjonane sitt driftsbudsjett og dels innafor den fastsette budsjettramma til Landbruksdepartementet for 2004. For nærare omtale visast det til kap. 1112 og 1137. Det nye selskapet skal etablerast seinast 01.01.2005. Samordninga av Jordforsk, NORSØK og Planteforsk i ein organisasjon vil gi faglege synergieffektar og den nye institusjonen skal framstå som ein viktig kunnskapsleverandør innafor miljø og landbruk.
Departementet har i 2003 arbeidd med spørsmålet om framtidig tilknytingsform for Skogforsk. ESA si behandling av omdanninga av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) til aksjeselskap er ein viktig premiss for val av tilknytingsform. Departementet vil ta ei breiare vurdering av organisatoriske spørsmål og endeleg forslag til tilknytingsform for Skogforsk vil bli fremja i løpet av 2004.
Arbeidet med framtidig organisering av NLH og NVH inngår som ein del av oppfølginga av evalueringa. Hausten 2002 sette Utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid med Landbruksdepartementet ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere korleis ein på egna måte kunne etablere tilfredsstillande fasilitetar for stasjonær undervisning i klinisk veterinærmedisin på produksjonsdyr i Noreg. Gruppa har òg vurdert egna framtidig organisering av NVH og NLH for å skape fagmiljø og institusjonar som kan hevde seg internasjonalt og drive framtidsretta forsking og næringsutvikling. Arbeidsgruppa si endelege rapport blei lagt fram i juni i 2003, jf. òg St.prp. nr. 1 (2003-2004) frå UFD. Rapporten sine hovudkonklusjonar er:
NLH og NVH bør organisatorisk integrerast i ein ny institusjon.
Medlemmane i komiteen var ikkje samstemde i omsyn til lokalisering av veterinærutdanninga. Fleirtalet foreslår at NVH og Veterinærinstituttet flyttast til Ås, medan mindretalet går inn for ei delt løysing, med NVH og Veterinærinstituttet lokalisert på Adamstuen i Oslo, slik som i dag.
Den vidare oppfølging av framtidig organisering av NLH og NVH er nærare omtalt i UFD sin budsjettproposisjon for 2004.
For å effektivisere forsking innan havbruk danna AKVAFORSK, NLH og Matforsk i august 2003 AKVAFORSK-alliansen. Alliansen er forpliktande og i tråd med konsolideringa som skjer i næringa både nasjonalt og internasjonalt. Alliansen består av 80 forskarar og blir med dette ein markant forskingsaktør i havbruks-Noreg.
Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet arbeider for å realisere synergipotensialet mellom forsking i mat- og landbrukssektoren og marin sektor. Det vil bli sett ned ei gruppe for å arbeide med denne saka. Dette er m.a. ei oppfølging av prosessane med nytt mattilsyn og regjeringsutvalet for marin verdiskaping. I denne samanhengen er det bestemt at Veterinærinstituttet vil føre vidare si sentrale rolle når det gjeld sjukdom og helse hos fisk og andre akvatiske dyr, òg etter at ansvaret for lovgiving knytt til sjukdom hos fisk og skjel blir overført til Fiskeridepartementet frå 01.01.2004.
Kap. 1137 Forsking og utvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Forskingsaktivitet | 129 214 | 142 683 | 148 020 |
51 | Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m. | 150 523 | 155 490 | 161 088 |
Sum kap 1137 | 279 737 | 298 173 | 309 108 |
Innleiing
Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), og basisløyvingar til forskingsinstitutta innan departementet sitt sektoransvar (post 51). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram. I tillegg omfattar kapitlet løyvingar til nasjonale oppgåver og støtte til investeringar, samt utviklings- og evalueringstiltak.
Landbruksdepartementet gjer framlegg om å løyve vel 309 mill. kroner til mat- og landbruksforskinga i 2004. Dette gir ei nominell auke på om lag 11 mill. kroner, som er ei auking på 3,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2003.
Forskingsrådet skal gi råd i forskingspolitiske spørsmål og initiere, koordinere, finansiere og evaluere formålstenleg forskingsinnsats ut frå sektormåla til Landbruksdepartementet. Departementet legg til grunn at Handlingsplanen for landbruksforskinga synleggjer den kunnskapen som mat- og landbruksforskingsmiljøa kan medverke med i høve til prioriteringane i St.meld. nr. 39 (1998-99) Forskning ved et tidsskille.
Departementet legg vekt på at Forskingsrådet er pådrivar for auka samarbeid mellom forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, mellom anna gjennom det nye 6. rammeprogrammet til EU.
Det er viktig å styrkje formidlinga av forskingsresultat til brukarar og verkemiddelapparat. Betre kopling mellom forsking og næringsutvikling gjennom m.a. Regionale innovasjonspilotar i regi av SND og Forskingsrådet er viktig, jf. kat. 15.20. Mat- og landbruksforskingsinstitutta har ei sentral rolle i oppfølginga av forskingspolitikken innan landbrukssektoren og gir viktig kunnskapsgrunnlag for utforming av mat- og landbrukspolitikken. Forskingsrådet har ei strategisk oppgåve overfor alle forskingsinstitutta i sektoren, slik at institutta kan byggje opp den kompetansen som blir etterspurt og medverke med forsking og andre kunnskapsbaserte tenester av høg kvalitet.
Post 50 Forskingsaktivitet
Resultatrapport 2002
Løyvingane frå departementet har i hovudsak blitt brukt til forskingsprogram, strategiske program og andre forskingsaktivitetar. Forskingsrådet har prioritert strategiske program ved å nytte ein større del av løyvinga under post 50 til dette verkemidlet. Likevel blir framleis hovudtyngda av dei strategiske programma finansiert med midlar under post 51. Midlane frå Landbruksdepartementet blei brukt til finansiering av i alt 14 forskingsprogram. 12 av desse hadde òg finansiering frå andre departement.
Rapporteringa under er gjort i høve til prioriteringane i Handlingsplanen Prioriteringar innan mat- og landbruksforskinga. Nærare omtale av aktiviteten finn ein i Årsrapport 2002 frå Forskingsrådet under nettpublikasjonar på: http://www.forskningsradet.no.
Trygge matvarer
Det er eit overordna mål at forsking innan dette området skal føre til utvikling av kunnskap som medverkar til produksjon av trygg mat som støttar krava til forbrukarane. Forsking for trygg mat inngår i fleire av programma i Forskingsrådet. Programmet Næringsmiddel omfattar mellom anna forsking innan organisering av produkttryggleik og risiko i ein internasjonalisert matvarehandel, og kva slags faktorar som påverkar forbrukarane sin tillit til mat. Forvaltningsrelatert forsking på mattryggleik finansiert med midlar frå SNT er vidareført med fokus på tema som mikrobiologisk risikoanalyse, førekomst av toksin og andre framandstoff i matvarer. Programmet Jord, planter og husdyr har sett i gang to prosjekt for å redusere bruk av plantevernmiddel i frilandsproduksjon av salat og jordbær. I programmet Bioteknologi er det sett i gang eit prosjekt for utvikling av metodar for oppdaging av miljøgifter i sentrale oppdrettsartar. Forskingsresultat frå programmet Havbrukviser m.a. at kvikksølv i fôr er eit mindre problem enn ein hadde trudd. Fokus på framandstoff i det marine miljøet samt avlsmetodar for utvikling av meir sjukdomsresistent laks er vidareført.
Fleire forskingsmiljø har samarbeidd om å identifisere komponentar i mat frå den norske marknaden som kan gi allergiar. Forskarane har mellom anna utvikla målemetodar og studert førekomst av utvalte matallergen. Prosjektet har gitt framskritt i diagnostisering av matallergi.
Næringsmiddelbåre virus er undersøkt gjennom karakterisering og overvaking av situasjonar med ulike utbrot. Det er utvikla ein metodikk for påvising av virus i skjel. Analysar viser at både oppdrettsskjel og ville skjel som er hausta på utsette stader i Noreg, inneheld Norwalk-liknande virus som kan gi oppkast og diaré.
Ulike substansar i maten (bioaktive stoff) si evne til å påverke sjukdomsutvikling er undersøkt. Ein har analysert det totale antioksydant-innhaldet i hundrevis av ulike matplanter frå heile verda og i planter dyrka under kontrollerte vilkår. Analysane viser at det er svært store skilnader på antioksidant-innhaldet. Det blir no undersøkt om antioksidant-rike matplanter som blåbær, valnøtter og nype kan ha gunstig bioaktivitet m.a. for å hindre kreft og senke aldring.
Produksjon av spesialiserte landbruksprodukt
Norsk landbruksproduksjon er inne i ei endring som m.a. inneber at spesialiserte landbruksprodukt og meir foredling før sal skal vektleggjast. Næringsmiddelprogrammetsette i 2002 i gang eit utviklingsprosjekt for ei spesiallaga spekeskinke, samt fleire prosjekt for betre konserveringsmetodar. I programmet Jord, planter og husdyr har ein arbeidd med å betre slakteutbytet på lam og ein har brukt høgteknologi for å oppnå auka honningkvalitet. Eit tverrfagleg prosjekt for meir marknadsorientert bruk og tilpassing av norsk fôrkorn er gjennomført.
Grøntsektoren har vore utsett for størst endringar i rammevilkår og distribusjonsstruktur dei siste åra. Eit prosjekt har studert distribusjon av potet og grønsaker og samanstilt dette med den politiske målsetninga på området. Allsidig produksjon og utnytting av nisjeproduksjon i jordbruket synest ut i frå denne studien å vere ei utfordring med omsyn til dominerande marknadskrefter i daglegvaremarknaden.
Det er avslutta ei brukarstyrt studie om forbrukarorientering av norsk matpotetproduksjon og omsetnad. Prosjektet har fokusert på ulike tilhøve ved potetproduksjonen som kan påverke salstala, og har ført til utvikling av nye produkt basert på kvalitetspreferansane til forbrukarane. Det er òg gjennomført forsøk for å fastslå optimal dyrkingsteknikk og for å redusere tørråte. Prosjektet har medført omsetnadssauke og brei omtale i media.
Kollektive gode
Dei landbrukspolitiske måla er i stor grad forankra i produksjon av fellesgode som matvareberedskap, busetnad i distrikta og kulturlandskap. Under programmet Marknad og samfunn har det vore forska på desse emna i fleire prosjekt. Eit ser på effektar av eksisterande verkemiddelpakkar på området, medan ein i 2002 og starta opp forsking for å produsere kunnskap for utforming av nye verkemiddel. Oppslutning og legitimitet for slik fellesgodeproduksjon er andre emne under utforsking. Andre studiar tar opp ulike sider av forholdet mellom allmenningsrettar og fellesressursar som grunnlag for næringsutvikling. Det har vore forska på norske og europeiske erfaringar med kulturlandskapstiltak, sett i lys av landbrukspolitikken og WTO-forhandlingane. Forskinga viser at den norske hovudstrategien knytt til areal- og kulturlandskapstilskott har hatt ein positiv effekt for å oppretthalde produksjonen over heile landet og hindrar til dels attgroing. Ordninga har derimot i liten grad medført forbetringar av kulturlandskapet. Ei eiga ordning for tilskott til tiltak for å ta vare på kulturlandskapet (STILK) har ført til auka kunnskap, interesse og forståing i landbruksmiljøa om verdien av kulturlandskapet.
Biologisk mangfald
Forskinga innan biologisk mangfald utgjer eit kunnskapsgrunnlag for berekraftig bruk og forvaltning av ressursane. Konvensjonen om biologisk mangfald og integrert økosystemforvaltning står sentralt. Programma Biologisk mangfald og Landskap i endring løyvde hausten 2002 midlar til to store, tverrfaglege prosjekt med søkjelys på samfunnskrefter og biologisk mangfald i norske økosystem. I det eine fokuserast det på tilpassa reindrift i dei sårbare nordlege økosystema, medan det andre ser på skogøkosystemet. Forskinga vil gi viktige bidrag til regjeringa sine ambisjonar om ei kunnskapsbasert forvaltning. Innan programmet Skog - ressursar og verdiskaping er det i gang prosjekt om økologiske verknader av skogbrann, studiar av kanteffektar i granskog og om kostnadseffektivitet i samband med omsynet til biologisk mangfald.
Internasjonale avtaler som gir rammer for forvaltning av biologisk mangfald er studert. Det viser seg å vere stor mangel på koordinering mellom internasjonale avtalar innan klima, skog og biologisk mangfald. Klimakonvensjonen blei forhandla fram med atmosfæren og ikkje dei landbaserte økosystem som grunnlag. Han manglar dermed ei rekkje av dei basisprinsippa som blei vedtatt i forhandlingane under Rio-konferansen om biologisk mangfald. Dei to konvensjonane skil seg frå kvarandre med omsyn til vernetiltak, tilnærming til tradisjonell kunnskap, omsyn til urfolket og fordeling av gode. Dette forholdet vil det vere aktuelt å studere vidare etter kvart som desse avtalane implementerast i Noreg.
Klima og energi
Mykje av forskingsaktiviteten innan klima og energi skjer ved internasjonalt samarbeid. Kunnskap om verknader av klimaendringar for landbruksproduksjonen, vegetasjonsendringar og miljøverdiar i landbruket er mangelfull. Våren 2002 blei det gjennomført ein konferanse med fokus på kunnskapsmessig status og på konsekvensar endringar i klimaet kan få for skogbruket. Det har vore utført forsking knytt til klimatilpassinga til skogstre, og kva klimaendringar har å seie for viktige skadeinsekt i norske skogøkosystem. Forskingsprogrammet Klimaeffektar er her sentralt. Når det gjeld forsking knytt til utslepp frå skog- og jordbruket og opptak av klimagassar, skjer hovuddelen av forskinga i skogsektoren. Det har vore lagt vekt på karbonstatus og karboncyklar i skogsjord, og det er arbeidd med livscykelanalysar og klimagassutslepp for treprodukt. Bruk av biomasse frå landbruket til energiformål blir studert i eit EU-støtta prosjekt som dei nordiske og baltiske landa deltek i.
Noreg har deltatt i EU-prosjektet RECOGNITION der ein har arbeidd med samanhengen mellom nylege endringar i skogveksten og endringar i klima, næringstilgang og arealbruk. Analysane stadfestar tidlegare undersøkingar om ein vekstauke i skogane i Europa.
Trevirke kan medverke til å redusere klimagassutslepp når det brukast i staden for bygningsmateriale som er langt meir energikrevjande i produksjonsprosessen. I eit prosjekt er det gjennomført studiar av limtredragarane på Oslo Lufthamn Gardermoen. Studien er utført som ein livscykelanalyse der ein har samanlikna takkonstruksjonar av limtrebjelkar med stålbjelkar. Resultata viser at det trengs om lag dobbelt så mykje energi til å framstille stål, og klimagassutslepp kan dermed reduserast ved å bruke tre i staden for stål.
Økologisk landbruk
Det er eit landbrukspolitisk mål at 10 pst. av jordbruksarealet skal brukast til økologisk produksjon innan 2010. Dette har ført til auka behov for forsking innan området. Økologisk kornproduksjon er ein nøkkelfaktor og det blei i 2002 løyvd midlar til eit nytt strategisk program, som skal medverke til høgare og meir stabile økologiske kornavlingar. I alt var det fire strategiske program i gang innan økologisk landbruk. Programmet Jord, planter og husdyr og Styret for forskingsmidlar over Jordbruksavtala har starta opp nye prosjekt innan engproduksjon, kornproduksjon, grønsakproduksjon, kjøttproduksjon, plantevern, undersøkingar om mykotoksininnhald i økologisk korn og risikohandtering i økologisk jordbruk. Innan programmet Rammevilkår for berekraftig utvikling har det vore gjennomført eit prosjekt om forbrukar- og distribusjonsutfordringar og eit om økologisk produksjon i eit berekraftig og regionalt perspektiv.
Innan økologisk korn- og grønsakproduksjon er tilgang på gjødsel ofte ein kritisk faktor. Eit strategisk program har hatt som mål å utvikle metodar og kompetanse for å få best mogleg plantevekst utan at plantenæringsstoffa i jorda blir redusert over tid. Programmet har resultert i mange konkrete dyrkingsråd.
Kunnskapsgrunnlag for politikkutforming
Endringsprosessane i samfunnet, mellom anna knytt til utviklinga av naturbaserte næringar, det multifunksjonelle landbruket og internasjonale plikter, inneber stort behov for ny kunnskap for å utforme politikk på området. I 2002 starta ein opp fleire nye forskingsprosjekt, mellom anna om grensehandel, og om samspelet mellom offentleg forvaltning og næringsverksemd, med omsyn til nye marknadsforhold og handelspolitiske utfordringar. Eit høgt prioritert område har vore forsking knytt til vilkåra for nyskaping og næringsutvikling. Det blir òg forska på korleis ulike forvaltningsregime tar hand om konfliktane mellom nærings- og verneinteresser.
Eit prosjekt har analysert plan- og verkemiddelsystemet i fire regionar i EU, samt i Telemark. Det regionale plan- og utviklingsarbeidet i Noreg er kjenneteikna av ei stor mengd aktørar og enda fleire finansielle ordningar. Fylkeskommunen står for den regionale utviklingsplanlegginga, gjennom fylkesplan og regionalt utviklingsprogram, medan andre institusjonar disponerer mesteparten av ressursane. Analysen viser at kompleksitet ikkje er et særnorsk trekk. Utviklingsplanane var svært like med omsyn til mål og strategiar, trass i ulike situasjonsanalysar og visjonar. EU-systemet sin ideologi, kombinert med finansieringsmuligheiter og regionalt utviklingsarbeid styrer planane meir enn lokale forhold. Den store kompleksiteten og hyppige reorganiseringar medfører at det praktisk sett ikkje er mogleg å evaluere korleis plan- og utviklingsarbeidet påverkar regionane i forhold til målsetjingane.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Forskingsrådet overtok i 2002 leiarskap og sekretariatsansvar for den nordiske samarbeidsorganisasjonen innan skogforsking - Samnordisk Skogforsking (SNS) - for fire år framover. Forskingsrådet har same ansvaret for organisasjonen Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ).
Landbruksdepartementet og Forskingsrådet har i tillegg til det ordinære forskingssamarbeidet deltatt i prosessar for å utgreie det framtidige nordiske forskingssamarbeidet innan landbruk, fiskeri- og næringsmiddel. Trygg mat er eit høgt prioritert tema i heile Norden, og Forskingsrådet tok hausten 2002 initiativ til eit møte med nordiske forskingsråd og etablerte nordiske samarbeidsorgan for å diskutere eit nærare samarbeid.
Forskingsrådet har arbeidd aktivt for å få dei norske FoU-miljøa og næringslivet til å delta i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Det er gitt støtte til forprosjekt og søknadsførebuingar til forskingsinstitusjonar og bedrifter.
Forskingsmiljøa innan mat- og landbrukssektoren er og aktive deltakarar i det internasjonale forskarnettverket organisert av COST. Forskingsprogramma har hatt ansvar for aktivt å stimulere til Eureka-samarbeid, og forskingsmiljøa deltek aktivt.
Forskarrekruttering
Gjennom prioritering av forskarrekruttering innan landbrukssektoren dei siste åra er talet på forskarrekruttar finansiert av Forskingsrådet no aukande.
Forskarrekrutteringa har i 2002 i hovudsak skjedd innan rammene av forskingsprogramma eller innan dei strategiske programma. Det blei i 2002 finansiert i alt 104,5 årsverk knytt til doktorgradsstipend innan landbrukssektoren (mot 88 årsverk i 2001). Kvinnedelen var 58 pst. I tillegg til midlar frå Landbruksdepartementet, blei det brukt generelle midlar frå UFD til forskarrekruttering i sektoren. Det blei avlagt 33 doktorgrader innan sektoren i 2002. 18 av dei blei avlagt av kvinner.
Budsjettframlegg 2004, post 50 Forskingsaktivitet
Landbruksdepartementet gjer framlegg om å løyve vel 148 mill. kroner til forskingsaktivitet innan mat- og landbruksforskinga i 2004. Dette utgjer ei nominell auke på vel 5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2003.
Budsjettauken skal brukast til vidare satsing på to av dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga. Som eit ledd i satsinga på medisin og helse gjer departementet framlegg om å styrkje forskingssatsinga retta mot trygge matvarer. Satsinga på skjeringsfeltet mellom energi og miljø skal styrkje forskingsinnsatsen på bioenergiforsking, klimaendringar og -utvikling, samt på skogens potensial for økt binding av CO2. Desse satsingsforslaga er samstundes ei oppfølging av departementet si Handlingsplan for mat- og landbruksforsking. Forskinga skal støtte opp under Landbruksdepartementet sine langsiktige prioriteringar innan miljø-, nærings- og matpolitikken, jf. dei ulike fagkapitla.
Veksten over departementet sitt FoU budsjett over kap. 1137 må òg sjåast i samanheng med at ein legg til grunn at det kan disponerast ei auka tildeling på 10 mill. kroner frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. kat. 15.20. Samla sett vil derfor mat- og landbruksforskinga bli vesentleg styrka for 2004.
Dei sju innsatsområda i Handlingsplanen for mat- og landbruksforsking, jf. kat 15.20, utgjer grunnlaget for prioriteringane i 2004 og framover. Desse områda er m.a. utvikla på bakgrunn av dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga der medisin og helse, marin forsking, informasjonsteknologi, samt skjeringsfeltet mellom miljø og energi er prioriterte område.
Arbeidet med å kommersialisere resultat frå mat- og landbruksforskinga skal styrkast.Ein vektlegg å stimulere både til auka kommersialisering av eksisterande kunnskap og til framskaffing av ny kunnskap for næringsutvikling.
Departementet legg på same måte som tidlegare vekt på å halde oppe innsatsen innan forskarrekruttering og då spesielt innafor veterinærmedisin. Rekrutteringa bør skje via både stipendiatar og post.doc forskarar.
Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei mat- og landbruksvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Omorganiseringar og samarbeid i landbruksforskinga er omtalt i kat. 15.20. Ut over dei prosessane som konkret er nemnde, føreset departementet at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom. Som ei styrking av den pågåande samordningsprosessen mellom Jordforsk, NORSØK og Planteforsk er det sett av 2 mill. kroner over post 50 til delvis dekking av driftskostnader knytt til interimsorganisasjonen. Det er òg sett av midlar over kap. 1112 til dekking av desse kostnadane.
Internasjonalt forskingssamarbeid vil hovudsakleg skje gjennom EØS-avtalen der Noreg tek del i EU sitt 6. rammeprogram og gjennom det Europeiske forskingsområdet, ERA. Departementet legg vekt på at Forskingsrådet opprettheld sitt arbeid med å sikre auka deltaking frå landbruksforskingsmiljøa. Frå 2001 og til oktober 2004 er det finansiert ein nasjonal ekspert til EU-kommisjonen sitt forskingsdirektorat. Nettverksbygging internasjonalt gjennom COST og EUREKA vil framleis vere viktig.
Departementet vil saman med Forskingsrådet utarbeide ein strategi for auka forskingsamarbeid med Nord-Amerika. Det vil særleg bli satt fokus på områda mattrygging, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av nye næringar, jf. omtale i kat. 15.20.
Det nordiske forskingssamarbeidet skal styrkast gjennom å sjå nærare på korleis ei sterkare nordisk samordning av forsking knytt til sentrale område i jordbruk, skogbruk, fiskeri og mattryggleik kan gjennomførast.
Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
51.11 | Grunnløyvingar til forskingsinstitutt | 88 500 | 91 420 | 91 420 |
51.12 | Strategiske instituttprogram | 51 904 | 53 617 | 58 990 |
51.13 | Nasjonale oppgåver | 8 119 | 8 387 | 8 678 |
51.14 | Investeringsstøtte | 2 000 | 2 066 | 2 000 |
Sum post 51 | 150 523 | 155 490 | 161 088 |
Noregs forskingsråd har ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til åtte forskingsinstitutt som Landbruksdepartementet har sektoransvar for; AKVAFORSK, Bygdeforsking, Jordforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), NORSØK, Planteforsk, Skogforsk og Veterinærinstituttet. Nokre av institutta har og oppgåver som ikkje er forsking. Dei er til dels store og omfattar m.a. oppdrag frå Landbruksdepartementet og andre forvaltningsorgan. Løyvingane til desse oppgåvene som utgjer forvaltningsstøtte, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling, er ført opp under kap. 1112, 1139 og 1141.
Når det gjeld omorganiseringar og samarbeide i mat- og landbruksforskinga visast det til omtale i kat. 15.20, samt til budsjettforslag for 2004 under post 50 ovanfor.
Hovudtrekk i utviklinga
Tabell 2.6 Økonomiske nøkkeltal for landbruksforskingsinstitutta 2002.
Drifts- inntekter 1 | Driftsresultat 1) | Grunnløyving | Løyving til strategiske program | Basisløyv. pr. forskar-årsverk | Basisløyv. i % av drifts- inntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | 1 000 kr | Mill. kr | Mill. kr | 1000 kr | Prosent | |
AKVAFORSK | 59,1 | -2 465 | 10,7 | 9,9 | 625 | 35 % |
Bygdeforsking | 14,8 | 65 | 2,7 | 3,8 | 422 | 44 % |
Jordforsk | 49,6 | -5 885 | 5,7 | 3,6 | 240 | 19 % |
NILF | 38,5 | 544 | 4,8 | 2,9 | 283 | 20 % |
NORSØK | 17,1 | -25 | 2,3 | 3,8 | 672 | 35 % |
Planteforsk | 238,6 | 6 527 | 34,7 | 9,9 | 296 | 19 % |
Skogforsk | 75,5 | 3 173 | 20,0 | 11,9 | 613 | 42 % |
Veterinærinstituttet | 183,8 | 1 527 | 8,5 | 6,3 | 203 | 8 % |
SUM | 677,0 | 3 461 | 89,5 | 52,1 | ||
Gjennomsnitt | 355 | 21% |
1 Ekskl. Finansinntekter og ekstraordinære inntekter
Kjelde: Noregs forskingsråd
Tabell 2.7 Personale, publisering og formidling ved landbruksforskingsinstitutta 2002.
Totale årsverk | Forskar-årsv. i % av totalt antall årsverk | Tilsette med dr.grad pr. forskarårsv. | Vit.artiklar m/referee pr. forskarårsv. | Faglege rapportar pr. forskarårsv. 1 | Annen for-midling pr. forskarårsv. 2 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Antall | Prosent | Forh.tall | Forh.tall | Forh.tall | Forh.tall | |
AKVAFORSK | 79 | 42 % | 0,70 | 0,70 | 1,3 | 4,0 |
Bygdeforsking | 20 | 75 % | 0,32 | 0,39 | 1,8 | 5,5 |
Jordforsk | 77 | 51 % | 0,54 | 0,69 | 2,3 | 5,6 |
NILF | 65 | 42 % | 0,33 | 0,33 | 2,4 | 5,5 |
NORSØK | 23 | 39 % | 0,33 | 0,56 | 0,8 | 14,9 |
Planteforsk | 366 | 41 % | 0,62 | 0,35 | 0,5 | 5,5 |
Skogforsk | 108 | 48 % | 0,58 | 0,52 | 0,7 | 4,7 |
Veterinærinstituttet | 261 | 28 % | 0,82 | 1,45 | 0,7 | 4,6 |
Gjennomsnitt | 125 | 40 % | 0,61 | 0,64 | 1,0 | 5,3 |
1 Omfattar rapportar i eigen rapportserie og rapportar til oppdragsgivarar
2 Omfattar fagbøker, lærebøker, kapittel/artiklar i bøker, foredrag/framlagde paper/poster, populærvitsk. artiklar og foredrag
Kjelde: Noregs forskingsråd
Samla driftsresultat for landbruksforskingsinstitutta har vore positivt i heile perioden 1998-2002. Fleire av institutta har likevel hatt negative driftsresultat. Forskingsrådet kanaliserte i 2002 vel 201 mill. kroner til institutta, fordelt med knapt 142 mill. kroner som basisløyvingar (grunnløyving og strategiske program) og vel 59 mill. kroner som ordinære prosjektmidlar og andre løyvingar. Basisfinansieringa av institutta som gruppe har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå vel 23 pst. i 1998 til knapt 21 pst. i 2002.
Grunnløyvinga til landbruksforskingsinstitutta er redusert med 9 mill. kroner frå 1998 til 2002, medan tildelingane til strategiske program til institutta er auka med knapt 24 mill. kroner. Det er ei målsetjing om eit høvetal på 2:1 for grunnløyving i høve til strategiske program. Dette høvetalet er oppnådd for enkelte av institutta, men her er det store skilnader. Institutta har i 2002 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvaltning og næringsliv på 210 mill. kroner fordelt med 53 pst. frå offentleg forvaltning og 47 pst. frå næringslivet. Inntektene frå forvaltninga viser ein auke på 14 pst. frå 1998 til 2002, medan inntektene frå næringslivet i same perioden er nesten dobla.
Personalressursane utgjorde i 2002 1000 årsverk, ein nedgang på vel 4 pst. frå 1998. 40 pst. av desse årsverka er klassifisert som forskarårsverk. Dette er same del som i 1998. Talet på tilsette forskarar med doktorgrad ved institutta har vore stabilt på omkring 250 i perioden 1998-2002. Delen kvinner har auka frå 27 pst. i 1998 til 35 pst. i 2002. I alt 69 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta, av desse var heile 68 pst. kvinner. I tillegg kjem 26 andre tilsette som held på med doktorgrad, slik at samla tal på tilsette som arbeidde med doktorgrad i 2002 var 95. I dialogen med institutta har Forskingsrådet fokusert på å publisere i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremme internasjonal publisering, og dette arbeidet ser no ut til å gi resultat. Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med refereeordning har auka frå 177 i 1999 til 256 i 2002. Utrekna som artiklar pr. forskarårsverk er utviklinga den same. Gjennomsnittstalet var 0,42 artiklar pr. forskarårsverk i 1999 medan det i 2002 var auka til 0,64 artiklar
Budsjettframlegg 2004, post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
Ein gjer framlegg om ei løyving på vel 161 mill. kroner som basisløyvingar til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving, strategiske instituttprogram, nasjonale oppgåver og investeringsstøtte til AKVAFORSK. Løyvinga utgjer ei nominell auke på om lag 5,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2003.
Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)
AKVAFORSK skal vere eit leiande forskingsinstitutt innan akvakultur på fagfelta avl/genetikk, ernæring og kvalitet. Den tverrfaglege kompetansen ved instituttet blir nytta til å skape betre lønnsemd, ressursutnytting, helsetilstand og kvalitet i akvakulturproduksjonen, og til å fremme oppdrett av nye artar.
AKVAFORSK er eit aksjeselskap eigd av NLH, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), NVH, kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet. Instituttet har ein stor del av verksemda si i Møre og Romsdal, medan hovudkontoret ligg på Ås.
Rapport 2002
AKVAFORSK har hatt driftsunderskott dei siste fem åra og den økonomiske situasjonen har vore vanskeleg. Selskapet har arbeidd for å få kontroll over situasjonen og ventar eit betre økonomisk resultat i 2003. Basisfinansieringa var på 20,6 mill. kroner i 2002, som er ein auke på 2,9 mill. kroner frå 2001. Basisfinansieringa har i perioden 1998-2002 auka frå 30 til 35 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 1998-2002 variert mellom 74 og 79, medan talet på forskarar som del av totale årsverk har gått ned frå 49 pst i 2001 til 42 pst. i 2002. Aktiviteten har i 2002 vore konsentrert om dei tre hovudinnsatsområda Ernæring, Avl og genetikk og Kvalitet. AKVAFORSK har hatt fire strategiske program som del av si basisløyving i 2002.
Målsetjing 2004
AKVAFORSK skal vere leiande innan sine spesialfelt avl/genetikk, ernæring og kvalitet. Arbeidet med nasjonal allianseskaping med mange ulike aktørar innan havbruk skal vidareførast. Instituttet skal produsere tverrfagleg kunnskap til privat og offentleg sektor for å skape ei lønnsam akvakulturnæring innan rammene av ei berekraftig utvikling. Laks og aure er framleis hovudartar, men arbeidet for å overføre kunnskap frå dei etablerte til nye arter skal halde fram. Forskinga skal konsentrerast om hovudutfordringane: Avl med sikte på tilpassing av artar til oppdrett, god produktkvalitet, etisk produksjon og godt oppdrettsmiljø. Det skal særleg satsast meir på å få til effektiv utnytting av fôr og forsking på nye fôrmiddel. Målsetjinga er at totalkompetansen ved AKVAFORSK skal vere eit viktig verkemiddel for ei vidare utvikling og eit større overskott for havbruksnæringa. Den breie kompetansen må nyttast i undervisninga AKVAFORSK utførar.
Departementet legg til grunn at AKVAFORSK i 2004 arbeider aktivt med å forbetre det økonomiske resultatet. Landbruksdepartementet vil og som aksjonær følgje den vidare utviklinga i selskapet nøye, og vil saman med andre eigarar vurdere aktuelle tiltak om situasjonen krev det.
Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)
Bygdeforsking er eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innan bygdesosiologi. Instituttet skal i 2004 vere lokal arrangør av Verdskongressen i bygdesosiologi.
Rapport 2002
Bygdeforsking har hatt eit positivt driftsresultat i heile perioden 1998-2002. Basisfinansieringa var på 6,5 mill. kroner i 2002, som er ein auke på 2,1 mill. kroner frå 2002. Denne delen av instituttet si finansiering har i perioden 1998-2002 auka frå 18 til 44 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Det var i 2002 20 årsverk på instituttet, medan talet på forskarar som del av totale årsverk gjekk ned frå 84 pst i 1998 til 75 pst. i 2002. Bygdeforsking har i 2002 arbeidd med samfunnsvitskapleg forsking innan seks område; næringar i lokalsamfunn, forbrukarhaldningar og etikk, bedrift og produksjonskjeder, lokal utvikling, kultur og levekår og ressursforvaltning og miljø. Bygdeforsking har hatt tre strategiske program som del av si basisløyving.
Målsetjing 2004
Bygdeforsking skal framleis leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innan felta:
næringsutvikling og sosiale endringsprosessar knytt til bygder og landbruk i omstilling
berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn
næringsmiddelindustrien og lokal foredling av matvarer frå naturbaserte næringar
matproduksjon, forbrukarspørsmål og miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
bygdeutvikling med fokus på rekruttering og kjønnsspørsmål
Bygdeforsking skal oppretthalde og vidareutvikle sitt omfattande samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, t.d. ved forskaropphald i utlandet, og med deltaking i komparative prosjekt i t.d. Norden og Europa.
Senter for jordfagleg miljøforsking (Jordforsk)
Stiftelsen Jordforsk er eit nasjonalt kompetansesenter innan jordfaglege og tilgrensande fagområde med hovudvekt på miljø og ressursspørsmål. Den faglege verksemda til Jordforsk ligg innan biologisk avfallshandtering, spesialavfall og miljøgifter, jordressursar og miljøinformasjon, hydrogeologi, økologisk renseteknologi og vass- og stoffbalanse i kulturlandskapet. Jordforsk har eige laboratorium, Jordforsk Lab, som leverar rutineanalysar til landbruket, miljøforvaltninga og forskinga.
Rapport 2002
Etter eit positivt driftsresultat i 2001, blei driftsrekneskapet ved Jordforsk gjort opp med eit etter måten stort underskott i 2002. I tillegg til det negative driftsresultatet har instituttet bokført eit tap på 1,8 mill. kroner i samband med omstrukturering av eit dotterselskap. Instituttet si basisfinansiering var i 2002 på 9,4 mill. kroner, ein nedgang på 0,7 mill. kroner frå 2001. Denne finansieringa utgjorde i 2002 19 pst. av dei totale inntektene. Basisfinansieringa har vore stabil på 18-19 pst. i heile perioden 1998-2002. Talet på årsverk ved instituttet er i perioden 1998-2002 redusert frå 84 til 77, medan talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 49 pst. i 1998 til 51 pst. i 2002. Jordforsk har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga frå Landbruksdepartementet. Eit av desse programma er òg finansiert med midlar frå Miljøverndepartementet. Ved inngangen til 2003 var prosjekttilgangen god.
Samarbeidet med dei fem andre nasjonale miljøinstitutta gjennom Miljøalliansen AS er styrka og utvida i 2002. Det er mellom anna teke initiativ for å styrkje det faglege samarbeidet og å koordinere verksemda innan rutineanalysar.
Målsetjing 2004, jf. òg kap. 1139 post 70
Hovudoppgåva i 2004 vil vere å drive verksemda mest mogleg effektivt, samstundes som arbeidet med å etablere ein fusjonert institusjon med Planteforsk og NORSØK held fram gjennom interimsorganisasjonen. Jordforsk skal styrkje forskingsaktiviteten gjennom spesielt å satse på fem sentrale kjerneområde der instituttet skal liggje på eit høgt internasjonalt forskingsnivå:
Berekraftig landbruk med fokus på ressursutnytting, jordkvalitet og miljøverknader
Naturbasert renseteknologi
Miljøgifter i jord, grunnvatn og avfall
Behandling og utnytting av organisk avfall
Hydrologiske endringar som følgje av naturinngrep og miljøkonsekvensar av disse.
Jordforsk skal vere marknadsorientert og rette sin aktivitet mot kunnskapsproduksjon for forvaltning og næringsliv. Instituttet må ha som mål å oppretthalde høg vitskapleg publisering slik som i 2002 og være ein aktiv aktør i internasjonale forskingsnettverk, m.a. i EU-prosjekt. Det er viktig å kombinere denne verksemda samstundes med at samarbeidet og synergiar med Planteforsk, NORSØK og NLH blir utvikla.
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
NILF er eit forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsmiljø som skal medverke til høgt kunnskapsnivå i samfunnet, og gi eit solid grunnlag for økonomiske og landbrukspolitiske avgjerder knytt til produksjon, foredling og omsetting av landbruksprodukt. Instituttet skal vere leiande innafor næringsøkonomi og føretaksøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. Frå 2001 tek NILF òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål. NILF er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.
Rapport 2002
NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 1998-2002, og instituttet sin økonomi er god. Basisløyvinga var i 2002 på 7,7 mill. kroner som er ein nedgang på 1,5 mill. kroner frå 2001. I perioden 1998 - 2002 har basisløyvinga i pst. av totale inntekter gått ned frå 26 til 20 pst. Det er dei siste åra lagt stor vekt på å byggje opp og vidareutvikle instituttet sin forskingskompetanse gjennom målretta bruk av grunnløyvinga og dei strategiske programma til kompetanseheving, forskarutdanning, utanlandsopphald, auka kontakt med universitet og forskingsinstitutt nasjonalt og internasjonalt, og meritterande forsking. Talet på årsverk ved instituttet viser ein liten reduksjon i perioden 1998 til 2002, frå 68 årsverk i 1998 til 65 årsverk i 2002. Men talet på forskarar som del av totale årsverk har auka frå 30 pst. i 1998 til 42 pst. i 2002. Ved utgongen av 2002 hadde NILF 10 medarbeidarar med doktorgrad og 5 doktorgradsstudentar. Resultata i form av tal på artiklar publisert i internasjonale tidsskrift med refereeordning er betra dei siste åra, og 7 slike artiklar blei publisert i 2002. NILF har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga i 2002.
Målsetjing 2004, jf. kap. 1141 post 50
Forskingsverksemda til NILF skal ta utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet. Føretaksøkonomi, verdikjedeanalyse og nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk skal framleis vere ein sentral del av verksemda. Instituttet må på same tid arbeide aktivt for å sikre tilgang på nye oppdrag. Det er derfor viktig for instituttet å orientere seg etter marknaden og styrkje kompetansen innafor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd. Eksempel på slike fagfelt kan vere problemstillingar knytt til økonomi og næringspolitikk i matvaremarknaden og handelspolitiske problemstillingar i fiskeri- og havbrukssektoren. Departementet vil framleis ha stort behov for forsking og utgreiing om matvaremarknaden og om norske og internasjonale landbrukspolitiske spørsmål. NILF skal auke brukarnytta av sine produkt t.d. ved å tilby forskingsbasert kunnskap om god driftsleiing og økonomistyring av landbruksføretak.
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Stiftelsen NORSØK er eit forskingsinstitutt og eit nasjonalt kompetansesenter med formål å fremme utviklinga av økologisk landbruk. Instituttet samarbeider nært med dei andre landbruksfaglege FoU-institusjonane, og har sekretariatsfunksjonen for Forskingsutvalet for økologisk landbruk.
Rapport 2002
I perioden 1998-2002 hadde NORSØK balanse i drifta dei første to åra, medan det har vore eit lite negativt driftsresultat dei tre siste åra. Instituttet si basisfinansiering blei redusert frå 7,5 mill. kroner i 2001 til 6,1 mill. kroner i 2002 etter at 1,3 mill. kroner blei overført til post 51.13 Nasjonale oppgåver. Basisfinansieringa utgjorde i 2002 om lag 35 pst. av dei totale driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet har auka frå 19 årsverk i 1998 til 23 årsverk i 2002. I same perioden har talet på forskarar som del av totale årsverk blitt redusert frå 76 pst. i 1998 til 39 pst. i 2002. Instituttet har dei siste åra lagt vekt på å auke den vitskaplege publiseringa. NORSØK har i 2002 hatt tre strategiske program som del av si basisløyving.
Målsetjing 2004
Hovudoppgåva i 2004 vil vere å drive verksemda mest mogleg effektivt, samstundes som arbeidet med å etablere ein fusjonert institusjon med Jordforsk og Planteforsk held fram gjennom interimsorganisasjonen. NORSØK skal vere eit leiande fagmiljø innan økologisk landbruk der FoU, formidling, næringsutvikling og opplæring skal vere hovudaktivitetane. Instituttet må arbeide vidare med å styrkje den forskingsfaglege kompetansen og auke samarbeidet med andre FoU- institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. NORSØK skal som forskingsinstitutt spesielt leggje vekt på følgjande to fagområde: 1) Næringsforsyning til planter og husdyr og god ressursutnytting i økologisk landbruk. 2) Økologiske driftssystem og praktiske løysingar for viktige samfunnsinteresse.
NORSØK skal ta aktivt del i arbeidet med å nå målsetjinga Stortinget har sett om 10 pst. av arealet som økologisk innan 2010. Ein sentral strategi skal være å ta i bruk IKT til kurs og informasjonsformidling for å auke kompetansen hos primærprodusentane. Det er viktig å kombinere denne verksemda samstundes med at samarbeidet og synergiar med Planteforsk, Jordforsk og NLH blir utvikla.
Norsk institutt for planteforsking (Planteforsk)
Planteforsk skal utvikle kunnskap som grunnlag for ein konkurransekraftig, verdiskapande produksjon og ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Kunnskapen skal styrkje grunnlaget for verksemd i distrikta, sikre miljøet og ivareta etiske og estetiske verdiar i samfunnet. Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling i planteproduksjon, eit nasjonalt kompetansesenter i plantefaglege spørsmål og skaffe fram kunnskap som medverkar til konkurransedyktig produksjon, miljøvenlege produksjonsformer og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget.
Planteforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.
Rapport 2002
Planteforsk har hatt driftsoverskott i heile perioden 1998-2002, og økonomien til instituttet er god. Planteforsk er eit stort institutt. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 1998-2002 variert mellom 350 - 375, i 2002 var det på 366 årsverk. Talet på forskarar i høve til totale årsverk har lege relativt konstant mellom 38 pst. og 42 pst. Basisfinansieringa var i 2002 på 44,7 mill. kroner som utgjorde 19 pst. av dei totale inntektene, i åra 2000 og 2001 var denne parten 22 pst. Planteforsk har laga ei strategisk utgreiing av kva som vil bli etterspurt av kunnskap dei næraste åra, og prioritert område som ein vil vurdere med omsyn til finansiering av FoU. Døme på dette er: faglege og økonomiske samanhengar mellom innsatsfaktorane i primærproduksjonen, trygge og sunne matvarer, lagring og transport av vegetabila, presisjonsjordbruk, økologisk produksjon, grøntanlegg og våtorganisk avfall. Instituttet har sett av midlar til utgreiingar, planlegging og søknadsarbeid på desse områda.
Planteforsk har hatt seks strategiske program som del av si basisløyving.
Målsetjing 2004, jf. òg kap. 1112 postane 51 og 52
Hovudoppgåva i 2004 vil vere å drive verksemda mest mogleg effektivt, samstundes som arbeidet med å etablere ein fusjonert institusjon med Jordforsk og NORSØK held fram gjennom interimsorganisasjonen. Planteforsk vil bli engasjert i ein ny h andlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, og skal framleis spele ei nøkkelrolle i å skaffe fram kunnskap og i formidling. Planteforsk skal og ha viktige oppgåver i satsinga på plantehelse. Økologisk landbruk er eit satsingsområde som skal utviklast vidare i samarbeid med NORSØK.
Instituttet må halde fram arbeidet med dei nye satsingsområda, jf. omtale i rapport 2002, med finansiering og iverksetting som dei viktigaste oppgåvene. Instituttet skal satse på auka samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking. Planteforsk må òg halde fram arbeidet med å styrkje den vitskapelege kompetansen på prioriterte område og auke publiseringsraten i internasjonale tidsskrift. Det er viktig å kombinere denne verksemda samstundes med at samarbeidet og synergiar med Jordforsk, NORSØK og NLH blir utvikla.
Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)
Skogforsk skal saman med NLH vere leiande på forsking innan fagområde knytt til skog i Noreg. Instituttet skal styrkje det vitskaplege grunnlaget for ei berekraftig forvaltning av skogressursane, verdiskaping basert på skog og miljøinnsats i skog. Innan utvalde område skal Skogforsk vere på eit høgt internasjonalt nivå. Skogforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruksdepartementet.
Rapport 2002
Skogforsk fekk og i 2002 eit positivt driftsresultat. Talet på forskarar i høve til totale årsverk har vore knapt 50 pst. i perioden 1998 - 2002. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 31,9 mill. kroner i 2002, noko som svarar til 42 pst. av dei totale inntektene. Dette er omlag same tal som i 1998. Talet på årsverk ved instituttet har gått ned frå 142 i 1998 til 108 i 2001 og 2002. Talet på forskarar har gått ned i denne perioden, men høvestala for forskarar som del av totale årsverk har likevel halde seg på 48 og 49 pst. Skogforsk har hatt fem strategiske program som del av si basisløyving.
Målsetjing 2004, jf. òg kap. 1141 post 51
Instituttet må halde oppe høg kompetanse innan ressursforvaltning og dette omfattar og den tradisjonelle skogforskinga. Miljøinnsats i skogbruket er og eit viktig område som er nært knytt til god ressursforvaltning. Kunnskap om skog knytt til klimaendringar må utviklast vidare. Instituttet må vidareutvikle sin kompetanse når det gjeld verdiskaping og nye måtar å nytte trevirke og andre skogprodukt på. Dei faglege prioriteringane må tilpassast inntektsmoglegheiter, og samhandling med nye, potensielle kundar bør utviklast vidare. Verksemda må i aukande grad sjåast i samanheng med tilsvarande verksemd i andre institusjonar.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter som skal vere leiande og konkurransedyktig innan forsking, overvaking og rådgiving med framsynt beredskap innan mattryggleik, fôrhygiene, landdyr-, fiske-, og skjelhelse i Noreg. I tillegg vil dyrevelferd vere eit nytt viktig arbeidsområde i 2004.
Rapport 2002
Veterinærinstituttet har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 1998-2002. Instituttet si basisfinansiering har auka frå 6,1 mill. kroner i 1998 til 14,8 mill. kroner i 2002, men dette utgjer likevel ein liten del (8 pst.) av dei totale driftsinntektene. Både det totale talet på årsverk og talet å forskarårsverk om del av totale årsverk har halde seg nokolunde konstant i perioden 1998 til 2002. Veterinærinstituttet utførar forvaltningsretta forsking og strategisk grunnforsking for å fylle oppgåva som kompetanseinstitusjon og forvaltningsstøtteinstitusjon. Forskinga omfattar husdyrhelse, fiske- og skjelhelse samt fôr- og næringsmiddelhygiene. I tillegg utførar Veterinærinstituttet eksternt finansierte forskingsoppdrag for m.a. industrien og EU. Veterinærinstituttet har hatt fire strategiske program som inngår i instituttet si basisløyving.
Målsetjing 2004, jf. òg kap. 1112 post 50
Det er viktig at forskingsverksemda ved Veterinærinstituttet held fram i minst same omfang som tidligare. I tråd med evalueringane som er gjort av verksemda, legg ein til grunn at Veterinærinstituttet særleg skal leggje vekt på forvaltningsretta forsking innan instituttet sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.
Internasjonal handel med dyr og dyreprodukt inneber risiko for innførsel av smittestoff og framandstoff. Veterinærinstituttet må i denne perioden prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjerder. Vidare må Veterinærinstituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt.
Veterinærinstituttet vil føre vidare si sentrale rolle når det gjeld sjukdom og helse hos fisk og andre akvatiske dyr, òg etter at ansvaret for lovgiving knytt til sjukdomar hos fisk og skjel blir overført til Fiskeridepartementet frå 01.01.2004.
Underpost 51.11 Grunnløyvingar til forskingsinstitutt
Grunnløyvingane skal gå til formål som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innan institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.
Underpost 51.12 Strategiske instituttprogram
Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innan Landbruksdepartementet sitt sektoransvar. Formålet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innan sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering av sentrale forskingsmiljø innafor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element innan programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innan mat- og landbruksforskinga.
Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innafor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt. Programma skal vere retta inn mot dei sju satsingsområda i mat- og landbruksforskinga si Handlingsplan.
Underpost 51.13 Nasjonale oppgåver
Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til Skogforsk, Planteforsk, NORSØK og Jordforsk som gjeld bibliotek, referansesamlingar, deltaking i internasjonale organisasjonar og utgreiings- og informasjonsoppgåver.
Det er sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarars foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremme jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.
Underpost 51.14 Investeringsstøtte
Forsøksstasjonen på Averøy blei kjøpt tilbake i 1996 basert på ei avtale mellom Noregs forskingsråd og eigedomsselskapet AKVAFORSK AS og finansiert med tilskott frå Forskingsrådet i 10 år. Løyvinga skal dekkje Forskingsrådet sitt tilskott. Det er sett av 2 mill. kroner til dette i budsjettforslaget for 2004.
Programkategori 15.30 Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
1138 | Støtte til organisasjonar | 13 600 | |||
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 23 496 | |||
1140 | Miljø- og næringstiltak i jordbruket | 53 931 | 54 848 | -100,0 | |
1141 | Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 32 855 | |||
1142 | Miljø- og næringstiltak i skogbruket | 117 403 | 74 138 | -100,0 | |
1143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143) | 178 586 | 163 736 | 314 701 | 92,2 |
1144 | Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket | 10 313 | |||
1145 | Jordskifterettane (jf. kap. 4145) | 145 056 | 142 967 | 145 583 | 1,8 |
1146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146) | 77 516 | 65 634 | 62 793 | -4,3 |
1147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147) | 39 635 | 41 834 | 52 797 | 26,2 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring | 117 808 | 90 356 | 96 089 | 6,3 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 341 066 | |||
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150) | 12 689 699 | 11 729 165 | 11 183 949 | -4,6 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 104 798 | 100 900 | 95 000 | -5,8 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift | 23 186 | 23 377 | 24 075 | 3,0 |
Sum kategori 15.30 | 13 547 618 | 12 486 955 | 12 396 317 | -0,7 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
4143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143) | 33 060 | 23 896 | 28 256 | 18,2 |
4145 | Jordskifterettane (jf. kap. 1145) | 9 535 | 13 182 | 14 657 | 11,2 |
4146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146) | 33 755 | 17 402 | 18 028 | 3,6 |
4147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147) | 3 331 | 28 | 29 | 3,6 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150) | 201 822 | 122 000 | 145 000 | 18,9 |
5545 | Miljøavgifter i landbruket | 56 148 | 40 000 | 40 000 | 0,0 |
5571 | Totalisatoravgift | 93 642 | 92 500 | 92 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.30 | 431 293 | 309 008 | 338 470 | 9,5 |
Innleiing
Løyvingane under kategorien femner om både verdiskaping, ressursforvaltning og miljøtiltak og den konkrete verksemda knytt til næringsgreinene i landbruket; jordbruk og matproduksjon, skogbruk, bioenergi, reindrift og tenesteproduksjon i landbruket knytt til reiseliv, utmarksnæring o.a. Kategorien er derfor bygd opp slik at den både peiker på val knytt til verdiskaping, ressursforvaltning og miljø og slik at den går inn på utfordringar knytt til den konkrete næringsverksemda.
Regjeringa legg opp til eit budsjett under kat. 15.30 Ressursforvaltning, næringsutvikling og verdiskaping på om lag 12,4 mrd. kroner. Av dette er om lag 11,2 mrd. kroner av løyvinga knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen. Avtalen medførte ein reduksjon i løyvinga over kap. 1150 med 275 mill. kroner i 2004. Saldert budsjett for 2003 er redusert med 200 mill. kroner på grunn av ekstrautbetalingar i 2002. Reduksjonen i løyvinga frå kat. 15.30 er derfor større enn tabellen syner. I tillegg blei partane einige om å flytte ordningar med ei samla ramme på om lag 460 mill. kroner ut av avtala frå 01.01.2004. Som ei følgje av forslaget om, også for jordbruket, å avvikle el-avgifta i første halvår, er budsjettramma for jordbruksavtala førebels redusert med 35 mill. kroner i høve til forslaget i St.prp. nr. 70 (2002-2003). Ein legg opp til at det blir gjennomført ekstraordinære forhandlingar i samsvar med føresegn i jordbruksavtala.
Departementet gjer framlegg om ei endring av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 for å gi ein betre oversikt over dei einskilde elementa som samla sett er nødvendige for å gi ein god oversikt over verksemda under kategorien.
Ein foreslår oppretta:
eit eige kapittel for støtte til organisasjonar, jf. kap. 1138.
eit eige kapittel for løyvingar knytt til genressursar, miljø- og ressursregistreringar, jf. kap. 1139.
eit eige kapittel der ein samlar løyvingar til kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket, jf. kap. 1141.
eit eige kapittel for løyvingar knytt til ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket, jf. kap. 1144.
eit nytt kapittel knytt til verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket, herunder Landbrukets utviklingsfond LUF, jf. kap. 1149.
For ein nærare omtale av oppbygging og innhald viser ein til dei enkelte budsjettkapitla.
Tabell 2.8 Endringar i kapittelstrukturen under kat. 15.30 - nye kapittel.
(i tusen kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nevning | Overført frå | Framlegg 2004 |
1138 | Støtte til organisasjonar | |||
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 1140 post 77 1142 post 76 1150 post 77.15 | 13 600 | |
1139 | Genressursar, miljø- og resurssregistreringar | |||
70 | Tilskott til genressursar, miljø- og ressursregistreringar, kan overførast | 1140 post 77 1142 post 76 | 23 496 | |
1141 | Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket | |||
50 | Forvaltningsstøtte, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 1140 post 50 | 19 420 | |
51 | Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket | 1142 post 50 | 13 435 | |
1144 | Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket | |||
77 | Miljøretta prosjektarbeid, kan overførast | 1140 post 77 | 10 313 | |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | |||
50 | Tilskott til landbrukets utviklingsfond | 1150 post 50.11 | 299 000 000 | |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 1142 post 51 | 3 066 | |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 1142 post 71 | 39 000 |
Ein styrka miljøprofil i landbrukspolitikken, utvikling av lov- og regelverket innafor landbruket med sikte på å forenkle tilhøva for næringsverksemd og ny busetjing og ein meir samordna innsats for auka verdiskaping er høgt prioritert innafor kategorien i 2004, jf. mellom anna satsinga innan Landbruk Pluss, sjå innleiinga 1.3.1 Nye strategiar i landbrukspolitikken.
Status
Arbeidet for å styrkje miljøprofilen i landbrukspolitikken og næringsverksemda i landbruket held fram. Innafor biologisk mangfald har departementet medverka til det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking. Det er òg satt i gang arbeid med kartlegging av genressursar og styrking av praktiske tiltak for bevaring av genressursar i eit vidare perspektiv.
Departementet arbeider med å utvikle strategiane for kulturlandskapsarbeidet, og Noreg var i 2003 m.a. vertskap for ein større nordisk konferanse om kulturlandskap som ressurs.
Arbeidet med å sikre at jordvernpolitikken blir følgd opp og har hatt høg prioritet. Ein del saker syner at vernet om jorda som ressurs i eit langsiktig perspektiv ikkje blir tilstrekkeleg vektlagt. Dette er ikkje tilfredstillande og departementet vil derfor styrkje arbeidet med vern om verdifulle landbruksareal og kulturlandskapsverdiar i eit langsiktig perspektiv.
Forenkling og modernisering av dei juridiske rammene for ressurs- og eigedomsforvaltninga held fram. Regjeringa fremma i april 2003 ein odelstingsproposisjon med framlegg til ny konsesjonslov, jf. Ot.prp. nr. 79 (2002-2003) Om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. I Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) Om lov om endringer i domstolloven og jordskifteloven (jordskifterettens stilling og funksjoner), foreslår regjeringa at jordskifterettane blir ført vidare som særdomstol, administrativt knytt til Domstoladministrasjonen i Trondheim. Dette er i tråd med forslaget frå fleirtalet i NOU 2002:9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner (Løkenutvalget).
Departementet arbeider med ein forsterking og koordinering av verdiskapingssatsinga knytt til jordbruk, skogbruk, reindrift og anna næringsverksemd. Dette er omtald fleire stader i proposisjonen.
Arbeidet med å leggje til rette for meir robuste rammevilkår i skogbruket held fram mellom anna med omlegging av verkemiddelbruken, der satsingane på treprogrammet, utmark og bioenergi er sentrale tiltak.
Arbeidet med effektivisering og kostnadsreduksjon i jordbruket held fram. Mjølkeprodusentane sitt handlingsrom er auka gjennom innføring av ein friare omsetjing av mjølkekvotar. I tillegg er taket for kor mykje kvote ein kan ha på den einskilde landbrukseigedomen og avstandsgrensa for samdrifter auka. Departementet har og opna for produksjon av mjølk utanfor kvotesystemet for lokal foredling.
Regelverket for regulering av ervervsmessig husdyrhald er gjennomgått, og konsesjonsgrensene for dei kraftfôrkrevjande produksjonane er auka. Dette bør medføre ein meir kostnadseffektiv og konkurransedyktig produksjon. På sikt vil dette føre til at produksjonen blir samla på færre og noko større einingar. I jordbruksoppgjeret 2003 blei det òg semje om ei rekkje forenklingar og modernisering av landbrukspolitikken med tilhøyrande verkemiddel. Dette er nærare omtala i St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 og i kap. 1150.
Bruken av Bygdeutviklingsmidlane syner gode resultat i form av arbeidsplassar og positive ringverknader i distrikta. For rapportering på bruk av BU-midlar i 2002 og 2003 blir det vist til St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Første fase i Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon blei avslutta i 2002. Erfaringane frå fase 1 er oppsummert i ei følgjeevaluering gjort av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforsking (SNF). Hovudkonklusjonane i denne evalueringa er at intensjonane i programmet i stor grad er oppfylt. Som ledd i styrkinga kring formålet med Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon blei Eksportprogrammet overført frå Konkurransestrategiar for norsk mat til Verdiskapingsprogrammet i 2003. Det vil auke moglegheitene for eksport av norske spesialiserte matprodukt til marknader i utlandet.
Hovudstrategi for landbrukspolitikken
Landbruksdepartementet har som hovudmål å sikre trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn med grunnlag i eit berekraftig, utviklingsorientert og marknadsbasert landbruk, som utnyttar potensialet for auka verdiskaping og som medverkar til levande bygder med høg produksjon av fellesgode. For å nå målet arbeider regjeringa for å etablere livskraftig jord- og skogbruk og reindrift med utnytting av ny teknologi, nye marknadsmoglegheiter, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar og fornuftige kostnadstilpassingar. Desse forbetringane meiner regjeringa må liggje til grunn for at måla for inntektsutviklinga innan sektorane i større grad kan nåast. Regjeringa legg vidare i Sem-erklæringa vekt på å oppretthalde eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur med m.a. tanke på beredskap og omsynet for produksjon av trygg mat. Regjeringa legg og til grunn eit behov for modernisering og auka fokus og synleggjering av verdiskaping, miljø- og matpolitikk.
Utviklingstrekka i det norske og internasjonale samfunnet har i vesentleg grad endra høva for det norske jord- og skogbruket. Endringane har blant anna utspring i Noregs forpliktingar til internasjonale avtaler som til dømes WTO og EØS, krav til auka effektivitet i alle ledd i verdikjedene og krav om lågare prisar og auka konkurransekraft i marknadene for jord- og skogbruksprodukt.
Dei nærings- og distriktspolitiske konsekvensane av eit landbruk med auka krav til effektivitet kjem best til syne gjennom den store reduksjonen i tal på aktive driftseiningar i landbruket. I løpet av dei 25 siste åra har talet på aktive bruk blitt halvera frå å vere om lag 125 000 i 1979. Samstundes har talet på landbrukseigedomar vore stabilt på om lag 180 000 einingar.
For å møte desse utfordingane, samstundes som dei nærings- og distriktspolitiske måla for jord- og skogbruket skal oppretthaldast, er det behov for vesentlege endringar i dei landbrukspolitiske prioriteringane.
I det framtidige norske jord- og skogbruket må strukturendringane førast vidare slik at konkurransekrafta og kostnadsnivået blir betre. Rammene for eit kostnadseffektiv jord- og skogbruk må utviklast på ein slik måte at norske standardprodukt kan konkurrere med internasjonale produkt på ein nasjonal marknad ut frå parametrane pris og tilgjenge. Strukturendringane må i dette høve gjennomførast på ein sosial og økonomisk forsvarleg måte for landbruksbefolkninga, samstundes som dei distriktspolitiske høve må ivaretakas.
Parallelt med strukturendringane er det eit stort behov for å vidareføre og forsterke ei omlegging av næringspolitikken med sikte på å etablere alternativ inntekt og sysselsetjing på eigedomar der tradisjonell landbruksverksemd blir redusert eller avvikla. Denne næringspolitikken må både omfatte økonomiske verkemidlar og ein målretta eigedoms- og ressursforvaltningspolitikk. Dei økonomiske verkemidla må leggje til rette for ein utvida teneste- og produktproduksjon basert på landbruket og bygdene sitt samla ressursgrunnlag. Dette medfører ei vidareutvikling av dagens verkemiddel for å nå nye målgrupper og meir utradisjonelle produksjonar av tenester og produkt.
Regjeringa vil vurdere forslag til ei provenynøytral omlegging av jordbruksfrådraget. Siktemålet er at bioenergi skal inngå i frådraget medan passive kapitalinntekter skal trekkjast ut frå frådraget. Det kan vere behov for andre endringar i jordbruksfrådraget for at ordninga skal vere provenynøytral. Ein vil kome tilbake til Stortinget med framlegg til endringar, med mogleg verknad for 2004, i revidert nasjonalbudsjett.
I arbeidet med å leggje til rette for ein auka marknadsbasert næringsverksemd må det leggjast opp ein samla strategi som omfattar heile verdikjeda, frå primærproduksjon fram til forbrukar. Det er ikkje godt nok å effektivisere dei einskilde ledda i verdikjeda. Siktemålet må heile tida vere å gjere den samla effektiviteten i verdikjeda monaleg betre. Ut frå dei strukturelle endringane som går føre seg er det òg eit viktig siktemål for ein samla næringsstrategi at alle ledd i verdikjeda trekk i lag, og at primærprodusentane kan få ein rimeleg del av verdiskapinga sett i høve til den innsats dei gjer.
Satsinga på ny næringsutvikling skal og leggje til rette for at ny aktivitet kan etablerast på mange av dei landbrukseigedomane kor det i dag ikkje er næringsutøving. Det er i desse høve ikkje eit mål at ny aktivitet skal knytast til tradisjonell landbruksutøving.
Ein meir målretta forskingspolitikk som legg til rette for kommersialisering og nyskaping er ein viktig del av den samla strategien. Vidare skal det utviklast ein aktiv eigedomspolitikk som legg til rette for ulike tilpassingar for busetjing på gardsbruk der tradisjonell næringsverksemd ikkje er aktuelt.
Landbruksdepartementet sine nye strategiar innan landbrukspolitikken for å etablere ein nærings- og eigedomspolitikk parallelt med strukturendringane, er samla under nemninga Landbruk Pluss. Det er nærare gjort greie for Landbruk Pluss i m.a. pkt. 1.3.1 i innleiinga Nye strategiar i landbrukspolitikken. Ein føresetnad for denne hovudstrategien for landbrukspolitikken er lokale og regionale tilpassingar. Ei rekkje tiltak vil bli satt ut i livet på dette området.
Miljøprofilen er ein integrert del av den samla næringspolitikken. Den er utvikla over ein lang tidsperiode og skal førast vidare i 2004.
Jordbrukspolitikk
I dei framtidige prioriteringane innan jordbrukspolitikken vil regjeringa ta større omsyn til bruk der jordbruksproduksjonen utgjer eit viktig bidrag til inntekta. Dette er ei vidareføring av den politikken som er ført dei seinaste åra og ved jordbruksoppgjeret for 2003. Siktemålet er å medverke til omstilling og effektivisering, og at aktive utøvarar skal få ei inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet.
I jordbruksoppgjeret for 2003 er det gjort ei viss omfordeling av økonomiske verkemidlar i retning av bruk som har ressursgrunnlag til å vere ein hovudinntektskjelde for brukarfamilien. Regjeringa legg vekt på at ei betre utnytting av moglegheitene i marknaden, auka mangfald, ein balansert marknad, strukturelle endringar, utnytting av ny teknologi og fornuftige tilpassingar av kostnader i aukande grad skal leggje til rette for ei rimeleg inntektsutvikling i jordbruket. I samsvar med dette er det i jordbruksoppgjøret for 2003 gjennomført enkelte strukturelle tilpassingar som skal stimulere til auka effektivitet, konkurransekraft og redusert overføringsbehov over tid. Jordbruksoppgjøret for 2003 legg òg vekt på å oppretthalde eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur.
Med dei utfordringane det norske jordbruket står ovanfor er effektivisering og kostnadsreduksjon i vareproduksjonen nødvendig for at jordbruket over tid framleis skal vere i stand til å produsere dei fellesgoda samfunnet spør etter. Mjølkeproduksjonen er viktig både i omfang og for bidraget til inntektsmoglegheiter i mange distrikt. Det er derfor nødvendig å arbeide for å få til ein best mogleg ressursutnytting. I 2002-2003 blei handlingsrommet for mjølkeprodusentane auka både fordi produksjonen no er i balanse og gjennom innføring av ein friare omsetting av mjølkekvotar. Ordninga med friare omsetting av mjølkekvoter blir vidareført. Den nye ordning med fritak for overproduksjonsavgift ved lokal foredling av mjølk aukar også handlingsrommet innafor mjølkeproduksjonen framover. Denne ordninga er eit viktig element i satsinga Landbruk Pluss. Ein vil og følgje opp Stortinget si behandling av Ot.prp. nr. 94 (2002-2003) Om lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen.
Matmangfald står sentralt i regjeringa sin matpolitikk og eit av de strategiske måla for mat- og landbrukspolitikken er derfor å sikre forbrukarane eit mangfald av trygge matvarer. Produksjon av mat med høg kvalitet er eit viktig satsingsområde innan landbrukspolitikken. Ein matmarknad med mangfald, nyskaping og variasjon i utbodet av produkt er særdeles viktig for å møte etterspurnaden frå stadig meir kvalitetsbevisste forbrukarar. Politikken må leggje til rette for auka nyskaping, mangfald, verdiskaping og marknadsorientering i både primærproduksjonen og næringsmiddelindustrien.
Jordbrukspolitikken må utviklast på ein slik måte at det økonomiske potensialet i ein nasjonal og internasjonal høgkvalitets matmarknad kan utnyttast. Dette krev ein samordna utvikling av dei nasjonale økonomiske og juridiske rammene for jordbruksproduksjonen og dei moglegheitene ein ser i dei framtidige nasjonale og internasjonale marknadene for kvalitativt spesialisert mat.
Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden både som følgje av internasjonale handelsavtalar og gjennom den aukande grensehandelen. Det har særleg vore auke i importen av foredla landbruksvarer dei seinare åra. I internasjonale prosessar og forhandlingar har regjeringa som målsetjing å sikre handlingsrom for å oppretthalde ein nasjonal landbrukspolitikk.
Det går føre seg fleire internasjonale forhandlingsprosessar som er viktige for importen av landbruksvarer til Noreg. Både i dei pågåande WTO-forhandlingane og dei nylig avslutta forhandlingane med EU om artikkel 19 i EØS-avtalen, er marknadstilgang for landbruksvarer tema. Artikkel 19-avtalen medfører mellom anna gjensidig auka marknadstilgang for 4 000 tonn ost og 800 tonn kjøtt. Forbrukarane stiller krav som òg gir auka etterspurnad etter utanlandske produkt. Auka internasjonal konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri ovanfor store utfordringar om ein skal kunne halde sin del av marknaden.
I tråd med St.meld. nr. 19 (1999-2000) og Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå næringskomiteen har ein vidareført arbeidet med forenkling av landbrukspolitikken med tilhøyrande verkemiddel. I jordbruksoppgjeret 2003 blei avtalepartane samde om ei rad forenklingar som er omtalt i St.prp. nr. 70 (2002-2003) og under kap. 1149 og 1150.
Ei rekkje ordningar blei òg flytta ut av jordbruksavtalen til Landbruksdepartementet sitt ordinære budsjett. Departementet har vurdert flyttinga ut frå følgjande hovudprinsipp:
jordbruksavtalen og jordbruksforhandlingane blir avgrensa til å omfatte målprisar, marknadsordningar og tilskottsordningar som direkte eller indirekte påverkar inntektsmoglegheitene på gardsbruk
ordningar som i hovudsak påverkar konkurranseforhold og/eller aktørar som ikkje er representerte i forhandlingane, bør ikkje forhandlast og liggje på jordbruksavtalen.
Skogpolitikk
Det siste hundreåret er det bygd opp store tømmerressursar som kan nyttast meir aktivt enn i dag. Skogen har òg stor verdi i miljøsamanheng. Gjennom behandlinga av St.meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren (Skogmeldingen) vedtok Stortinget følgjande hovudmål for skogpolitikken:
verdiskapinga frå skogbaserte næringar skal aukast
skogsektoren skal medverke til å løyse viktige miljøoppgåver.
Aktiv og langsiktig ressursforvaltning er nødvendig for å nå desse måla. Sterkare internasjonal konkurranse, fallande lønnsemd, mindre hogst og sterk reduksjon i dei langsiktige investeringane gjer at rammevilkåra for skogsektoren har endra seg. Dette gjer at det også i 2004 kan bli vanskeleg å nå dei måla Stortinget trakk opp i samband med behandlinga av Skogmeldinga. Departementet møter dette ved omlegging av verkemiddelbruken.
Den største utfordringa i skogbruket framover er å betre lønnsemda generelt og betre grunnlaget for bruk av skogressursane. I dei siste åra har avsetnaden og marknadene for massevirke blitt stadig dårlegare. Samstundes er det strukturelle utfordringar og svak lønnsemd i sagbruksindustrien. Desse tilhøva heng saman. Problema er størst i områder der delen av sagtømmer er liten. I dag er store deler av skogen ulønnsam å drive. For å møte denne utviklinga er det nødvendig med ein brei næringspolitisk strategi som omfattar heile produksjonskjeda i skogbruket. Siktemålet er å få til ein samla forventing om auka effektivitet i verdikjeda. Det blir viktig å nytte verdiskapingsprogramma som eit aktivt tiltak i ein slik samla politikk. Det er nødvendig å få til produkt og tenester med betre økonomisk avkasting, noko som krev høgare foredling og auka marknadsorientering i heile verdikjeda. I tillegg vil departementet auke satsinga på bioenergitiltak og næringsutvikling i utmark. I ein samla skogpolitikk vil det vere eit stort føremon at nye marknader for skogbruk og skogbruksrelaterte produkt kan utviklast.
Miljøarbeidet i skogpolitikken er bygd opp kring to hovudutfordringar; medverking til å løyse viktige miljøoppgåver og skogsektoren sine miljøutfordringar knytt til eigen næringsverksemd. Ein god miljøprofil i skogbruket er nødvendig av omsyn til skogmiljøet og for at næringa skal ha aksept i samfunnet og marknaden. Dette krev samhandling mellom skogeigarane, næringa og styresmaktene. Skogpolitikken legg stor vekt på prinsippet om fridom under ansvar, og dette prinsippet ligg òg til grunn på miljøområdet slik at miljøarbeidet er ei viktig utfordring for næringa. Samstundes er miljøomsyn innarbeidd i regelverket, satsing på kompetanse, informasjon og resultatkontroll. Landbruksdepartementet legg vidare vekt på at auka vern av skog blir eit viktig element i den samla forvaltninga av skogressursane, og at eit auka skogvern skal baserast på erstatning til skogeigarane i samsvar med gjeldande lovverk.
Skog og treprodukt bind store mengder karbon. I tillegg kan auka bruk av varige treprodukt gi forlenga karbonbinding, samstundes som treprodukt kan erstatte andre produkt med større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Med ein framleis aktiv forvaltning av dei fornybare skogressursane, kan ein nå målet om eit meir berekraftig produksjons- og forbrukarmønster.
Skogbrukslova med tilhørande føresegner gir den juridiske ramma for skogbruket og er det grunnleggjande verkemidlet for å sikre berekraftig bruk av skogen. I samband med behandlinga av skogmeldinga blei det konkludert med at lova skulle reviderast, og departementet vil med det første sende eit utkast til ny skogbrukslov til allminneleg høyring. Arbeidet med ny lov starta opp i 2000. Etter omlegginga av skogpolitikken i 2002 er det kome til nye moment som blir vurdert i lovarbeidet. Departementet legg til grunn at lova skal gi rammer og retningslinjer for eit næringsretta skogbruk med vekt på økonomisk avkasting og ein god miljøprofil.
Skogavgiftsordninga er ein tvungen fondsavsetting. Skogavgifta er den sentrale finansieringskjelda for nødvendige investeringar. Ordninga sikrar det finansielle grunnlaget for investeringane samstundes som ho fremmar investeringsvilja hos skogeigarane ved at det er knytt skattefordel til bruken av skogavgifta.
Det er vedteke at kommunane frå og med 2004 m.a. skal forvalte det meste av dei juridiske og økonomiske verkemidla i skogbruket, og departementet arbeider no med det konkrete opplegget for tilskottsmidla. Departementet vil gi ut midla som rammeløyvingar til fylkesmennene som igjen skal fordele midlane til kommunane, jf. nærare omtale under kap. 1149. Samstundes som vedtak i enkeltsaker førast over til kommunane vil Fylkesmannen få ei viktig rolle når det gjeld formidling av skogpolitikken, som regionalt kompetanse- og pådrivarmiljø og når det gjeld nødvendig kontroll og kvalitetssikring i samband med tilskottsforvaltning.
Statskog SF er ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarkressursane og eit viktig instrument for å løyse offentlege oppgåver knytt til skog og utmark. Som landets største grunneigar og forvaltar av store fellesskogressursar, skal Statskog medverke til å oppfylle nasjonale mål for bruk og vern av norsk natur. Føretaket skal sikre det biologiske mangfaldet og ta vare på naturgrunnlaget. Statskog skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretaket sine areal. Statskog SF skal òg medverke til å skape og sikre lønnsame arbeidsplassar gjennom rasjonell og forretningsmessig utnytting av kompetanse, kapital og areal. Det er eit mål å styrkje den lokale verdiskapinga i samarbeid med lokale aktørar.
Rammevilkåra for Statskog SF er i endring, jf. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003 Om lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarkslova) og om sal av areal frå Statskog SF, jf. Innst. S. nr. 150 (2001-2002). Det vil framover bli arbeidd med Statskog SF si framtidige rolle i forvaltninga av norske skog- og utmarksressursar. Det vil bli lagt vekt på tilrettelegging og forvaltning av slike eigedomar til beste for allmenta. Det skal framleis drivast næringsmessig aktivitet innan skogbruk, jakt, fiske, friluftsliv o.a. med sikte på å medverke til næringsutvikling i distrikta. Areal som Statskog SF forvaltar skal brukast meir aktivt for å sikre viktige samfunnsoppgåver, mellom anna skal det på staten sin grunn sikrast nødvendig verneareal.
Skogpolitikken er nært knytt til ei rekkje internasjonale prosessar. Det internasjonale skogpolitiske arbeidet har verknad for skogbruket og skogindustrien i Noreg og for utforminga av den nasjonale skogpolitikken. Departementet legg derfor opp til at Noreg skal delta aktivt i internasjonal skogpolitikk for å medverke til utvikling av berekraftig skogbruk globalt og for å sikre at internasjonale avtalar tek vare på norske interesser.
Dei viktigaste prosessane for Noreg er Skogforumet i FN, dei pan-europeiske ministerkonferansane for trygging av Europas skogar, FN-konvensjonen om biologisk mangfald, FN-konvensjonen om klimaendringar og Kyotoprotokollen og det nordiske samarbeidet.
Annan næringsutvikling
Noreg er eit land med rike utmarksressursar. Dei norske fjella, skogane, vatna og elvane gjer det mogleg å utnytte ressursar og ha aktivitetar av ulike slag i rikeleg monn. Størsteparten av desse ressursane blir forvalta av landbruket. For landbruket ligg tilhøva godt til rette for å utvikle reiselivsprodukt basert på natur- og kulturarven. Landbruksdepartementet og Noregs Turistråd har etablert eit samarbeid om marknadsføring av Noreg som reisemål for norske forbrukarar. Landbruksbasert reiseliv, bygdekulturen og aktivt drivne gardsbruk har ein sentral plass i denne satsinga. For å sikre effekten og resultata av prosjektet er det nødvendig med ein langsiktig satsing som kan gå over nokre år.
Produksjon av mat og andre landbruksprodukt i kombinasjon med miljøomsyn gir ei rad miljøgode for befolkninga. Desse miljøgoda er m.a. knytt til ope landskap, biologisk mangfald, lokal matkultur, kulturminne og reise- og friluftsliv. Gjennom ei målretta forvaltning og aktiv utnytting av slike miljøgode vil ein i næringspolitikken m.a. stimulere til at lokal matkultur og kulturlandskap blir sett saman til heilskaplege opplevingsprodukt for reiselivet, jf. måla med Landbruk Pluss, sjå innleiinga pkt. 1.3.1 Nye strategiar i landbrukspolitikken.
Inn på tunet, bruk av garden som ressurs for opplærings-, helse- og sosialsektoren og anna form for tenesteproduksjon, er òg ein viktig måte å synleggjere og ta i bruk garden sine ressursar på.
Utmarksressursane har eit stort potensial for kommersiell utnytting. Ein finn etter kvart fleire døme på at grunneigarar får størsteparten av inntekta si frå nye næringar utanom tradisjonelt landbruk, til dømes gardsferie med tilrettelagde opplevingar. Med fallande lønnsemd i jord- og skogbruk, må fleire gardbrukarar sjå seg om etter nye inntektskjelder. Landbruksdepartementet vil derfor leggje til rette for å finne fram til næringsverksemd ut frå menneskelege ressursar og ressursar som ligg i garden og grenda, med særleg vekt på dei moglegheiter som ligg i utmarka.
I samband med departementet si satsing på næringsutvikling, har Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) på oppdrag utarbeida eit forslag til handlingsplan for næringsutvikling i utmark. Handlingsplanen peiker på tiltak som skal hjelpe etablerarane, kvalitetssikre utmarksprodukta og styrkje marknadsføringa av produkta. Det blir òg fokusert på rammevilkåra for slik verksemd. Departementet har allereie på førehand sett i gang arbeid med å sjå på løysingar når det gjeld reglar som kan hemme og fremme næringsutvikling i utmarka. Korleis det offentlege på best mogleg vis kan støtte opp om nye næringar, er òg eit høgt prioritert arbeidsområde. Kvart år er det mange saker i jordskifterettane som legg eigedomstilhøva til rette for utmarksnæring som jakt, fiske, beite, hyttebygging og annan reiselivsbasert verksemd. Det er òg aktuelt å drøfte nærare korleis verneområde kan bli utnytta i samband med verdiskaping i distrikta, jf. omtale av dette i revidert nasjonalbudsjett for 2003.
Verdiskapingsprogramma
Produksjon av tenester og produkt i jordbruk, skogbruk og reindrift utgjer ein basis for verdiskaping i landbruket. Regjeringa meiner det er viktig å ha ein eigen næringspolitikk som har som mål å utvikle eit nyskapande landbruk som tar i bruk nye moglegheiter i marknaden. Siktemålet er høg verdiskaping og miljønytte. Det skal gje auka lønnsemd for brukarane og nye kvalitetsprodukt og mangfald til forbrukarane. Til dette treng vi tiltak som koplar framtidsretta og marknadstilpassa utnytting og foredling av råvarer med relevant tenesteyting. Regjeringa vil derfor i næringspolitikken sin leggje føresetnadene til grunn for å vidareutvikle eit landbruk som produserer eit auka mangfald av mat og andre produkt og tenester gjennom eit fokus på nyskaping og kommersialisering. Dette siktemålet for verdiskapingsprogramma skal sjåast som ein del av ein samla næringsstrategi.
For å oppnå auka verdiskaping og ei tilfredsstillande utvikling i mange lokalsamfunn, er det viktig å sjå heile ressursgrunnlaget i samanheng. Landbruksdepartementet vil forsterke satsinga på verdiskapingsprogramma gjennom å sjå dei ulike bransjesatsingane i ein heilskap. Etter endringane med at midlar er overført frå jordbruksoppgjeret til det ordinære statsbudsjettet og ein har fått ei felles leiing av verdiskapingsprogrammet for mat og verdiskapingsprogrammet for skog og trevirke, ønskjer ein aktivt å samordne innsatsen retta mot verdiskaping innan mat, tre, bioenergi, utmark og reiseliv i større grad. Det vil òg vere aktuelt å sjå på moglege samhandlingsvinstar mellom dei satsingane som er nemnd ovanfor og verdiskapingsprogrammet for rein.
Satsinga på verdiskapingsprogramma må sjåast saman med regjeringa sitt auka fokus på innovasjon, nyskaping og kommersialisering. Innovasjon kan oppfattast som nye produkt, nye tenester, nye produksjonsprosessar eller nye organisasjonsformar lansert i marknaden eller tatt i bruk i produksjon for å skape økonomiske verdiar. Innovasjon skjer ofte på lokale arenaer basert på regionale føresetnader og med nødvendige koplingar til regionale, nasjonale og internasjonale innovasjonssystem, samstundes som innovasjonssystema ofte er sektorovergripande. I lys av dette arbeider regjeringa med ein heilskapleg innovasjonspolitikk og utarbeidinga av ein plan som er første steg i arbeid med utvikling og igangsetting av ein heilskapeleg innovasjonspolitikk. Planen blir lagt fram i løpet av hausten 2003. Ein meir målretta forskingspolitikk som legg til rette for kommersialisering og nyskaping, er ein viktig del av den samla strategien.
Det vil i arbeidet med verdiskapingsprogramma bli lagt auka vekt på at dei skal støtte opp under og vere eit aktivt verkemiddel for ein samla strategi som omfattar heile verdikjeda. Dei må kunne gå inn i strategiske prosessar i ein heilkjedetenking saman med sentrale større aktørar som ligg nære siste leddet i verdikjeda, jf. òg omtale under kap. 1149.
Utviklinga av, og ein god samordning av verkemidla for auka næringsutvikling og verdiskaping innan heile landbrukssektoren er viktig for å nå måla i Landbruk Pluss.
For Verdiskapingsprogrammet for rein, jf. samla omtale av reindriftspolitikken.
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon
Ein meir open konkurransesituasjon krev ei offensiv utnytting av dei moglegheitene som ligg føre. Verdiskapingsprogrammet for norsk matproduksjon skal leggje til rette for auka verdiskaping både innan primærproduksjon og foredling. Programmet gjekk inn i fase II i 2003. Frå 2003 har verdiskapingsprogrammet for mat og skog og tre ei felles leiing. Dette, saman med arbeidet med å lage ein ny strategi for verdiskapingsarbeidet, vil gi større heilskap i politikken. Satsinga på økologisk landbruk er òg sentral i denne samanhengen.
Landbruksdepartementet vil, med utgangspunkt i erfaringane frå verdiskapingsprogrammet og rapporten Flaskehalser og etableringsbarrierar for mindre matbedrifter, følgje opp arbeidet med å gjere det enklare å få til etablering av matbedrifter i, og knytt til landbruket. Gjennom etableringa av Mattilsynet frå 01.01.2004 skal arbeidet med informasjon og tilrettelegging for mindre matbedrifter få auka prioritet, jf. kat. 15.10 for nærare omtale av dette.
Frå 2003 er dei tidlegare delprogramma i Konkurransestrategier for norsk mat (KOSTRAT), med unntak av Kvalitetssystemer i landbruket (KSL) og regjeringa si satsing på offentleg profilering av norsk mat og matproduksjon, ein del av verdiskapingsprogrammet for matproduksjon. Eksportprogrammet for landbruksbaserte produkt er ein integrert del av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon. Eksportsatsinga vil bli styrka ved at Noregs Eksportråd vil bli slått saman med SND frå 2004.
Programmet legg òg til rette for auka kompetanse blant entreprenørar på matvaremarknaden gjennom etableringa av kompetansenettverk. I 2004 vil eksportsatsinga på meir foredla og spesialiserte landbruksprodukt vere eit prioritert handlingsområde i Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon. Nyskaping, mangfald og verdiskaping på matvaresektoren er nærare omtala i St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 og i kat. 15.20 og kap. 1150.
Innan Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon vil den etablerte merkeordninga for verna produktnamn i løpet av hausten 2003 bli opna for fiskeprodukt. Merkeordninga gjer det mogleg å verne om produktnamn på landbruksbaserte næringsmidlar som har ein spesiell geografisk tilhøre, tradisjon og/eller særpreg. Ordninga er oppretta av Landbruksdepartementet etter mønster frå tilsvarande ordning i EU.
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) blei skipa i 2000 som det første av dei tre verdiskapingsprogramma initiert av Landbruksdepartementet. Programmet har som siktemål å medverke til at Noreg syner veg i ny bruk og utnytting av trevirke. Treprogrammet skal medverke til å auke bruken av tre, auke lønnsemda i verksemdene og auke verdiskapinga. Auka bruk av ei fornybar ressurs som trevirke medverkar òg til ein meir berekraftig produksjon og forbruksmønster ved å minske klimagassutslipp og ved å redusere energiforbruket ved framstilling av materialar til bygg. Ei rekkje tiltak er gjennomførde i regi av programmet, og departementet vil vidareføre satsinga som ein sentral del av ei brei næringspolitisk satsing for auka verdiskaping knytt til landbruket.
Bioenergi
Innan rammene for langsiktig berekraftig forvaltning er det eit potensial for å auke utnyttinga av biomasseressursane frå landbruket til energiformål. I jordbruksforhandlingane i 2002 blei det sett av 15 mill. kroner til bioenergiformål. Dette er i budsjettframlegget auka til 18 mill. kroner. Det er med utgangspunkt i dette utarbeida eit program for auka verdiskaping innan bioenergi frå landbruket. Programmet blir administrert av SND og starta opp primo 2003. Programmet har som mål å medverke til å auke tilbodet og bruken av bioenergi frå jord- og skogbruket, og det er ein føresetnad at satsinga skal leggje grunnlaget for forretningsmessige konsept der landbruket er totalleverandør av bioenergiløysingar. Arbeidet i Landbruksdepartementet må sjåast i samanheng med Olje- og energidepartementet si satsing på omlegging av energibruk og -produksjon.
Det er òg lagt opp til å vurdere endringar med sikte på at inntekter frå bioenergi kan inngå i grunnlaget for jordbruksfrådraget, jf. omtale under avsnitt om Hovudstrategi for landbrukspolitikken.
Reindrift
Hovudstrategiar i reindriftspolitikken
Mål og retningslinjer for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. S. nr. 167 (1991-92). I innstillinga er En bærekraftig reindrift konkretisert nærare til å vere økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Med bakgrunn i desse føringane legg regjeringa i sin reindriftspolitikk opp til å kome med tiltak som vil gi gode og påregnelege rammevilkår for næringsutøvarane. Døme på tiltak er skattefrådrag i reindrifta, forenkling av rapporteringsrutinar, fokusering på produktutvikling og kompetanseheving. Vidare er fokus retta mot marknad, dvs. at ein bør forvente ei generell innstramming når det gjeld støtte til drift og at det blir lagt meir vekt på støtte til innovasjon, kompetanseheving, produktutvikling, investering og marknadsføring.
For nærare omtale av måla i reindriftspolitikken, jf. kap. 1147 og 1151, samt St.prp. nr. 63 (2002-2003).
Reindrifta blir utøvd i store delar av landet og under ulike tilhøve og vilkår. Utfordringane er mange og samansette. Stabile vilkår for reindriftsnæringa er ein nødvendig føresetnad for å kunne skape tryggleik i næringa. Reindriftsutøvarar som utøvar si reindrift i område der rammevilkåra er fastsett, har ei betre lønsemd enn utøvarar der slike fundamentale spørsmål ikkje er avklarte. For reinbeiteområda i Finnmark er rammevilkåra ikkje fastsett og det er derfor viktig å få desse vilkåra på plass og sikre at desse blir etterlevde. Dette gjeld distrikts- og siidainndeling, fastsetjing av beitetider og fastsetjing av høgste talet på rein for reinbeitedistrikta. For Troms reinbeiteområde er hovudutfordringa eit underskot på vinterbeite, store rovdyrtap og ein svak økonomi. For Nordland og Nord-Trøndelag reinbeiteområde er hovudutfordringa store rovdyrtap og sikring av reindrifta sine areal. For Sør-Trøndelag/Hedmark reinbeiteområde er hovudutfordringa å sikre reindrifta gode driftsmessige forhold, samt tilstrekkeleg areal etter at reindrifta gjennom fleire tvistar omkring beiteretten på privat utmark har mista beiteland i området. Vidare er det ei utfordring innafor kvart område å få til auka verdiskaping for næringsutøvarane mellom anna gjennom auka lokal foredling, samt betre marknadsføring av produkt av rein. Sentralt i ei positiv utvikling av reindrifta er auka kompetanse. Det er viktig å dokumentere og vidareutvikle den kompetansen som er i reindrifta, og bruke denne kunnskapen i forsking og forvaltning av næringa.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken. Reindriftsavtalen 2003/2004 inneber ei ny retning i reindriftspolitikken ved at denne avtalen har auka verdiskaping og marknadsretta produksjon som hovudmål. Dette har ført til at tilskota til driftseiningar og tamreinlag er endra vesentleg - frå ordningar som i stor grad har vore faste beløp pr. driftseining til ordningar som premierer produksjon og verdiskaping. Føremålet med å etablere ein produksjonspremie er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Denne omlegginga som har ført til avvikling av produksjons- og produktivitetskrava medfører ein monaleg forenkling av dagens tilskotsystem, samstundes som fleire vil kunne få tilskot. Produksjonspremien er retta mot verdiskaping og produksjon i reindrifta og vil kunne gi eit incitament til å auke omsetninga ved å levere varer av høgare kvalitet og/eller ved å foredle varene ytterlegare. Denne omlegginga fører til at ein får verdsett og synleggjort òg den innsatsen som blir gjort utover det arbeidet som blir utøvd i det tradisjonelle reindriftsarbeidet på fjellet. Ein innsats som i utstrekt grad blir ivareteken av reindriftskvinnene.
Før forhandlingane om reindriftsavtalen 2003/2004 vedtok Regjeringa å innføre eit tilsvarande skattefrådrag for reindrifta som for jordbruket. Dette frådraget vil fungere som eit supplement til andre ordningar over reindriftsavtalen og vil vidare vere eit viktig bidrag i ein heilskapleg reindriftspolitikk der verdiskaping står sentralt, jf. nærare omtale av status og verkemidlar i reindriftspolitikken under kap. 1147 og 1151, samt St.prp. nr. 63 (2002-2003).
Verdiskapingsprogrammet for reindrift
Verdiskapingsprogrammet for rein blei skipa i 2001. Føremålet med programmet er å auke verdiskapinga i reindriftsnæringa på ein slik måte at det kjem reineigarane til gode. Administrasjon av programmet er lagt til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) i Troms. Det er etablert ei styringsgruppe som har ansvaret for overordna prioriteringar og strategiar for programmet. I utgangspunktet har reindrifta fleire føremoner i konkurransen med forbrukarane. Reinkjøt er eit eksklusivt nisjeprodukt som har konkurransekraft gjennom kvalitative eigenskapar. Dagens produksjon av reinkjøt dekkjer ikkje etterspurnaden i marknaden. Reinkjøt kan seljast ut frå assosiasjonar til naturopplevingar og fri natur, og det har samstundes ein sterk etnisk identitet, noko som er ein trend i tida for mange. Utfordringa i reindrifta ligg i ei produktutvikling som inneber utnytting av heile reinen. Vidare er det sentralt å få etablert ei betre marknadsføring og ikkje minst ein rett distribusjon som kanaliserer reinkjøtet til dei betalingsvillige marknadene. Verdiskapingsprogrammet for rein vil vere eit sentralt verkemiddel for å møte desse utfordringane. For å sikre ein best mogleg effekt av verdiskapingsprogrammet og dei andre ordningane som er etablerte som tiltak for auka verdiskaping i reindrifta blir det vist til Reindriftsavtalen 2003/2004. I denne avtalen blei avtalepartane einige om ein protokoll som mellom anna inneber at Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking føretek ein gjennomgang av dagens ordningar og avsetningar over Reindrifta sitt utviklingsfond (RUF), samt den tidligare avsetninga til marknadsfremjande tiltak. Gjennomgangen skal sjå verkemidla over RUF, Verdiskapingsprogrammet for rein og tilskotet til samisk utviklingsfond i ein samanheng og føreslå eventuelle endringar slik at effekten av RUF og verdiskapingsprogrammet blir størst mogleg. Resultatet av gjennomgangen skal leggjast fram for avtalepartane før reindriftsforhandlingane startar i 2004.
Reindrift og arealvern
Reindrift er ei svært arealkrevjande næring med marginale beiteområde, behov for ulike sesongbeite og flyttevegar mellom dei. Inngrep og forstyrring innafor beiteområda og fragmentering av beiteland har vore, og er truleg, ein av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag og dermed det materielle grunnlaget for samane sin kultur. På denne bakgrunn er det behov for å styrkje vernet av reindrifta sine areal - særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift. Reindriftsforvaltninga vil utarbeide ein metode for å lokalisere desse areala, og utarbeide ein verdiklassifisering på arealbrukskart. Eit anna sentralt verktøy i samhandlinga mellom reindrifta og offentleg forvaltning er reindrifta sine distriktsplanar.
Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemiddelet for å sikre ressursgrunnlaget i reindrifta. Lova er nå under revisjon. I samband med revisjonen er det sentralt at lova blir utvikla til eit verktøy som i sterkare grad synleggjer reindrifta sine behov og interesser og ivaretek desse i dei ulike planprosessane. I den samanhengen er det viktig at samhandlinga mellom kommunal og fylkeskommunal forvaltning og reindriftsforvaltninga og reindrifta sine styringsorgan blir utvikla med det føremål å auke forståinga for det særlege ved reindrifta og behov for samanhengande friareal, samt konsekvensar av inngrep og det som skaper uro.
Miljø
Miljøprofilen er ein integrert del av den samla næringspolitikken knytt til jord- og skogbruk, reindrift o.a. og skal vidareførast i 2004. Det er to hovudutfordringar knytt til miljøarbeidet. Det er viktig å sikre miljøomsyn i næringsverksemda. Vidare er det viktig å auke og gjere synlege dei positive miljøbidraga frå landbruket. Departementet arbeider òg med vern og forvaltning av areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv. I realiteten er vesentlege delar av løyvingane og innsatsen i landbrukspolitikken miljøretta, jf. òg omtalen under kat. 15.10.
Miljøinnsatsen under kategorien vil i 2004 særleg vere knytt til:
biologisk mangfald og genetiske ressursar
kulturlandskap
miljøprogram
økologisk jordbruk
forvaltning av offentlege areal til beste for allmenta
miljønytte ved auka bruk av trevirke
bioenergi
Dei to siste punkta er samstundes òg sentrale i arbeidet med auka verdiskaping i og i tilknyting til landbruket og bygdene. På mange område er eit internasjonalt engasjement ein nødvendig del av den samla verksemda.
Biologisk mangfald og genetiske ressursar
Landbruksdrift og kulturpåverking av planter og tre innafor si nordlige utbreiingsgrense og bidrag frå framsynt avlsarbeid og breie avlsmål har medverka til at Noreg har unike genetiske ressursar. Berekraftig utnytting og forvaltning av våre landbruksgenetiske ressursar krev kunnskapsutvikling og styrking av kompetanse, kartlegging og dokumentasjon. Genetiske ressursar i husdyr, kulturplanter og skogstre utgjer eit levande grunnlag for dagens landbruk. Ein varig sikring av tilgang til desse ressursane vil medverke til framtidige generasjonar sin matvaretryggleik, livskvalitet og velferd. Det er viktig å klargjere retten til og tilgangen til genetiske ressursar i Noreg.
Å sikre genetiske ressursar gjennom bevaring og berekraftig utnytting og gjennom ei rettferdig fordeling av dei godane dei medverkar til, står sentralt i oppfølginga av Noreg sine internasjonale forpliktingar innafor den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar, arbeidet innan FAOs kommisjon for genetiske ressursar, Konvensjonen om biologiske mangfald og det utstrakte samarbeidet om genetiske ressursar innafor Nordisk ministerråd. Departementet gjer for 2004 framlegg om å styrka informasjonsarbeidet om Noreg sine forpliktingar på genressursområdet.
Departementet vil òg arbeide for auka forsking og kunnskapsutvikling på området og vil sikre aktiviteten til det norske genressursrådet, genressursutvalet for husdyr, genressursutvalet for kulturplanter og genressursutvalet for skog. Rådet og utvala vil forvalte prosjektmidlar og midlar til drift over kap. 1150. Det vil i 2004 vere eit viktig mål for utvala å utvide sitt samarbeid med andre sektorar og vidare følgje opp strategiar og handlingsprogram innan området.
Departementet vil arbeide vidare for at det nordiske samarbeidet for bevaring og auka berekraftig bruk av genressursar blir styrka og vidareutvikla. Departementet vil i nasjonalt, nordisk og internasjonalt arbeid leggje vekt på å sikre tilgangen til genetiske ressursar. Eit forslag om ratifisering av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar vil fremmast for Stortinget hausten 2003, jf. nærare omtale under kap. 1139 og St.prp. nr. 70 (2002-2003). Arbeidet med genressursar er elles nærare omtalt under kap. 1139.
I tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 42 (2001-2002) Biologisk mangfald er eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking under etablering. Arbeidet med ein artsdatabank er ein del av dette. Landbruksdepartementet vil føre arbeidet vidare i 2004.
Landbruksdepartementet har samla sett ei stor satsing på genressursar og biologisk mangfald og oppgåvene vil bli vidareført og styrka i 2004. Mykje av denne satsinga går fram av omtalen under kap. 1139, men i tillegg til dette ligg det stor innsats knytt til registrering, kartfesting og kunnskap på dette feltet gjennom kap. 1146 NIJOS og kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket.
Forvaltning av offentlege areal til beste for allmenta
Som største grunneigar i landet og forvaltar av store fellesskogressursar skal Statskog SF medverke til å oppfylle nasjonale mål for bruk og vern av norsk natur. Føretaket skal sikre det biologiske mangfaldet og ta vare på naturgrunnlaget jf. omtale under avsnitt om skogpolitikk. Denne oppgåva vil bli vidareutvikla og bli styrkja i 2994.
Kulturlandskap
Landbruket sitt kulturlandskap er eit resultat av mange hundre års bruk av naturressursane. Kulturlandskapet gir moglegheit for opplevingar i form av mellom anna eit spesielt dyre og planteliv, kulturminne og til friluftsliv i eit variert og ope landskap.
Samstundes byr forvaltning av kulturlandskap på store utfordringar. På grunn av endringar i arealbruk, bruksstruktur og driftsmåtar er det ei aukande gjengroing av jordbruksareal. Det er derfor nødvendig å vidareutvikle strategiane for kulturlandskapsarbeidet. Departementet vil i 2004 i samarbeid med Statens landbruksforvaltning leggje til rette for ein ny og samordna strategi for forvaltning og bruk av kulturlandskapet. Arbeidet med miljøprogram, eit opplegg for prioritering av verdifulle kulturlandskap, omlegging av skogpolitikken, generell vekt på desentralisering av ansvar for juridiske og økonomiske verkemiddel, satsing knytt til bioenergi, næringsutvikling knytt til matkultur og arbeidet for betre vern om dyrka mark vil òg ha verknad i denne samanheng. Dette arbeidet vil bli koordinert med utvikling av ein nordisk kulturlandskapsstrategi. Skal kulturlandskapsarbeidet lykkast er det nødvendig med meir skjøtsel og hogst, særleg av lauvvirke. Kulturlandskapsarbeidet vil i aukande grad bli sett i samanheng med den auka satsinga på bioenergi.
Miljøprogram
I samband med jordbruksoppgjeret i 2003 er det lagt til rette for etablering av eit nasjonalt miljøprogram for jordbruket i løpet av 2004. Vidare skal kvart fylke utarbeide regionale miljøprogram som blir sett i verk frå 2005. Departementet legg opp til å ha eit pilotfylke for miljøprogram i løpet av 2004. Den overordna målsetjinga med desse miljøprogramma er at dei skal gje auka målretting av miljøarbeidet i jordbruket og betre synleggjering av jordbruket sin samla miljøinnsats. Dei regionale miljøprogramma skal vidare sikre betre forankring av miljøarbeidet på regionalt og lokalt nivå. Fylkesmannen skal i samråd med næringsorganisasjonane sine fylkeslag utarbeide forslag til miljøprogram i det einskilde fylke. Etablering av slike program vil på sikt gi grunnlag for eit enklare og meir oversiktleg system for resultatoppfølging. Tiltaka i dei regionale miljøprogramma vil særleg vere retta mot å ivareta kulturlandskapet og å redusere forureiningar, jf. nærare omtale om miljøprogram i St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Økologisk jordbruk
Gjennom å gjere det norske jordbruket meir miljøvennleg og å auke mangfaldet og valmoglegheitene i matvaresektoren, medverkar økologisk jordbruk til å nå fleire landbrukspolitiske målsetjingar. Siktemålet er å nå Stortinget sitt mål om at 10 pst. av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2010. Utviklinga siste år viser at det er særleg viktig å prioritere dei områda i den reviderte handlingsplanen som er retta mot marknaden, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). Dei matpolitiske forbrukarpanela vil bli trekt inn i drøftinga av tiltaka i handlingsplanen.
Miljønytte ved auka bruk av trevirke
Trevirke er ein fornybar ressurs som ikkje tilfører atmosfæren ny CO2. Noreg har tatt på seg ambisiøse mål for å redusere nasjonale utslepp av klimagassar. Auka bruk av tre framfor andre materiale i alle slags byggverk, er eit viktig bidrag i så måte. Energibruken står direkte eller indirekte for dei aller fleste miljøproblema. Trevirke krev langt mindre energi både til framstilling og transport enn samanliknande materiale.
Departementet vil halde fram innsatsen i Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) òg i 2004, der miljønytta av auka trebruk er eit viktig område, jf. nærare omtale under kap. 1149. Departementet meiner det er viktig med nye alliansar på dette området og ikkje minst informasjon til forbrukarane. Det er òg aktuelt å samarbeide med miljøstyresmaktene på dette feltet, særleg på område knytt til trebruk og kulturminne.
Bioenergi
Regjeringa si satsing på auka bruk av bioenergi skal medverke til å nå miljømål om å minske klimagassutslipp og sikre framtidig oppdekking av landet sitt energibehov. Ein auke i bruken av bioenergi vil òg fremme verdiskapinga i landbruket. Utfordringane knytt til bioenergi er knytt til infrastruktur og stabile leveransar. Departementet vil styrkje innsatsen knytt til bioenergi, under dette leggje til rette for at landbruket sine arealressursar kan bli tatt i bruk til bioenergiformål, jf. nærare omtale under kap. 1149.
Internasjonalt arbeid
Landbruksdepartementet vil i 2004 prioritere det nordiske samarbeidet innafor jord- og skogbrukssektoren høgt, samt det tverrsektorielle samarbeidet om mattryggleik under det nye ministerrådet for jordbruks-, skogbruks-, fiskeri- og næringsmiddelspørsmål. Departementet vil delta aktivt i Nordisk genressursråd og sikre det kostnadseffektive samarbeidet gjennom Nordisk genbank (planter), Nordisk genbank for husdyr og det Nordiske skogsamarbeidet innan genressursar. Det vil leggjast vekt på berekraftig unytting av dei genetiske ressursane som dei nordiske landa forvaltar saman og på å gi informasjon og auka kunnskap om den verdien dei representerar for matvaretryggleik, -kvalitet og velferd.
Landbruksdepartementet vil følgje opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og under FN sin konvensjon for biologisk mangfald. Det vil bli lagt særleg vekt på arbeidet med å førebu gjennomføringa av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar innan mat og jordbruk, og gjennomføringa av traktaten på nasjonalt og nordisk nivå.
Det leggjast opp til at Noreg skal delta aktivt i internasjonal skogpolitikk for m.a. å medverke til utvikling globalt, jf. omtalen under avsnittet om Skogpolitikk over.
Ressurs- og eigedomspolitikk
Samfunnsplanlegging
Kommunane har hand om samfunnsutviklinga gjennom kommuneplanlegginga. Ønske om vekst, utvikling og sentralisering av befolkning og næringsliv gir eit sterkt press for å ta landbruksareal i bruk til anna formål. Dei fleste vedtaka om nedbygging av landbruksareal blir fatta av kommunane etter plan- og bygningslova. Det er kommunen, som landbruksstyresmakt, som skal sjå til at ressursgrunnlaget for landbruket ikkje blir øydelagd, jf. òg omtale om vern av verdifulle landbruksareal og kulturlandskapsverdiar vidare i kategoriomtalen.
Gode planprosessar kan leggje til rette for god lokal forvaltning. Dette gjeld òg i samband med vern. Det er viktig å ha eit heilskapleg syn på effektane for lokalsamfunnet og sjå samanhenger til utvikling og næringsverksemd i og utanfor verneområda.
Landbruks- og reindriftsforvaltninga er no i betre inngrep enn tidlegare med dei viktigaste planprosessane knytt til samfunnsplanlegging. Det er likevel eit potensial for betring når det gjeld omsyn til desse interessene i fylkesplanar, kommuneplanar og konsekvensutgreiingar.
Ein meir aktiv eigedomspolitikk
Regjeringa vil styrkje regionalpolitikken for å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. Dette er konkretisert i satsinga på Landbruk Pluss, jf. òg kap. 1.3.1. Nye strategiar i landbrukspolitikken, gjennom eit mål om levande bygder med gode bu- og livsvilkår og med rom for fritidsbruk og deltidsbusetjing. Det er ein jamn nedgang i talet på aktive driftseiningar i landbruket, medan talet på landbrukseigedomar ser ut til å vere stabilt. Som følgje av denne utviklinga har stadig fleire eigedomar framfor alt funksjon som bustad eller til fritidsbruk. Det er viktig at ressursgrunnlaget på bygdene i større grad blir utnytta til ulik næringsutvikling og til busetnad, òg for borgarar utan direkte tilknyting til primærnæringane. Samstundes blir det registrert ein aukande etterspørsel etter mindre landbrukseigedomar. På denne bakgrunn vil regjeringa leggje aktivt til rette for ein utvida og meir aktiv nærings- og busetjingspolitikk for desse eigedomane.
Det er òg eit mål å styrkje handlefridomen til kommunane og opne for lokale initiativ. Samstundes vil ein stimulere til kostnadsreduksjonar gjennom strukturendringar på eigarsida. Dei juridiske verkemidla i jordlova, konsesjonslova og odelslova er viktige reiskap for å nå desse måla. Verkemidla har innverknad på bruksstrukturen, på bruken av arealressursane og dermed for den samla næringsverksemda i landbruket. Desse måla er sentrale i Landbruk Pluss-satsinga som er nemnd tidligare i proposisjonen.
Ved utforming av dei juridiske verkemidla er det viktig å arbeide for modernisering og forenkling. Regelverket bør vere lett å forstå og meir målretta i høve til det ein ønskjer å oppnå med reglane. Det er òg viktig å sikre ei effektiv forvaltning med god måloppnåing og lokal handlefridom samstundes som ein tek vare på borgarane sine behov for rettsvern.
Regjeringa fremma i april 2003 ein odelstingsproposisjon med framlegg til ny konsesjonslov. Regjeringa foreslår mellom anna reduksjon i omfanget av konsesjonsplikt, klårare regler om skjønnsutøvinga og ei rekkje presiseringar knytt til nedsett konsesjonsgrense (konsesjonsgrense 0). I proposisjonen foreslår ein mellom anna at arealgrensa ved overtaking av eigedom det er bygd på skal aukast frå gjeldande regel om 20 dekar til 100 dekar, der ikkje meir enn 20 dekar er fulldyrka jord. Det er ein føresetnad at overtakaren ikkje gjer bruksendring i strid med plan. Forslaget ligg i Stortinget.
Regjeringa sette i 2001 ned eit utval som skulle vurdere endringsbehovet i odelslova i høve til dei landbrukspolitiske måla. Utvalet fekk utvida mandatet i 2003, slik at det no òg er bedt om å vurdere om ein bør behalde odelsretten. Utvalet vil truleg levere si innstilling hausten 2003. Departementet tek sikte på at innstillinga blir sendt på høyring våren 2004.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tidlegare gjennomført eit prosjekt om frivillig jordformidling. Arbeidet blei ført vidare i eit nytt prosjekt som starta i 2000 der hovudmålet var å stimulere til auka frivillig omsetjing av landbrukseigedomar. Sluttrapporten frå jordformidlingsprosjektet 2000-2003 viser m.a. at sterk tilknyting til eigedomen er dei viktigaste årsakene til at eigarane av fråflytta landbrukseigedomar ikkje vil selje dei som sjølvstendige bruk eller som tilleggsjord. Vidare er pris ein viktig årsak for ikkje å ville selje. Grunnen er dels at den prisen som kan bli godkjent i konsesjonssamanheng er for låg og dels at det er lita interesse for kjøp. Når det gjeld frådeling av bygningane og sal av resten av eigedomen som tilleggsjord, er det mange som finn dette lite interessant fordi dei ønskjer å sitte igjen med eit større areal enn det landbrukssyresmaktene etter praksis har godkjend. Departementet arbeider i samband med prosjektet Landbruk Pluss med ei breiare vurdering av lov- og regelverket for å sjå om det er ytterlegare hindringar i vegen for å nå målet om nyskaping og busetjing i distrikta. Departementet meiner at erfaringane frå prosjektet i Møre og Romsdal blir viktig i det vidare arbeidet med å vurdere kva som kan gjerast med lovverket for å få til ein meir aktiv nærings- og busetjingspolitikk.
I St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå, er det lagt til grunn at kommunane skal ta fleire avgjerder enn tidlegare i saker som gjeld konsesjon etter konsesjonslova og deling etter jordlova. Endringa skal gjennomførast frå 1. januar 2004 og arbeidet med overføringa av oppgåver er i gang. Dette vil gi kommunane større handlefridom slik at dei sjølve i større grad kan tilpasse praksis til lokale behov.
Lokale behov skal vere tungtvegande i saker som gjeld konsesjon, deling og søknad om fritak frå bu- og driveplikt, men det vil framleis vere ei rettesnor at regelverket blir praktisert på ein måte der rettstryggleiken for dei enkelte søkjarane blir sett høgt. Omsynet til jordvernet og andre nasjonale omsyn, må òg trekkjast inn. Departementet legg derfor til grunn at overføringa av oppgåver til kommunane må kombinerast med ein styrkja dialog og kontakt med kommunane og fylkesmannsembeta. Fylkesmennene må vidare sjølv rette auka merksemd mot den rolla dei har for å sikre rettsvernet til borgarane og ha som mål å gi gode og sikre råd til kommunane.
Revitalisering av jordvernpolitikken
Det er eit landbrukspolitisk mål å sikre matforsyninga i Noreg gjennom ein nasjonal, lønnsam og effektiv produksjon av mat tilpassa regionale variasjonar i klima og topografi. Innafor miljøvernpolitikken er det tatt inn som eit nasjonalt resultatmål, at dei jordressursane som har potensial for produksjon av matkorn skal disponerast slik at ein tar omsyn til behova for framtidige generasjonar. Dette krev ei berekraftig areal- og ressursforvaltning, med eit sterkt jordvern, vedlikehald av kulturlandskapet og bevaring av biologisk mangfald.
Bakgrunnen for desse måla er at dyrka og dyrkbar jord er ein knapp ressurs som er heilt grunnleggjande for å sikre matforsyning på kort og lang sikt. I det langsiktige perspektivet er det særleg viktig å verne om areal som er egna for matproduksjon. Det er òg viktig å sikre at mat kan produserast på eit spreitt geografisk område slik at matforsyninga blir mindre sårbar ved kriser.
Trass i at måla på området er klare, blir det kvart år bygd ned store areal med dyrka jord. Nye rapporteringstiltak tyder på at tapet av jordbruksareal er mykje høgare enn dei data departementet tidlegare har hatt. Departementet har berekna at det samla tapet av landbruksareal i 2002 etter både reguleringsplanar og jordlova, var godt over 20 000 daa.
Departementet er bekymra over utviklinga. Om utviklinga ikkje snur vil grunnlaget for nasjonal matforsyning på lang sikt bli sterkt svekka. Det er nødvendig å forbetre statistikken på området og styrkje og betre innsatsen for jordvernet. Departementet arbeidar no med å styrkje jordvernpolitikken. Dette fremmer mellom anna overføring av myndigheit i jordlovsaker til kommunane for å få til meir heilskap i arealforvaltninga og arbeid med utvikling av verktøy for arealdifferensiering. Departementet vil òg sjå nærare på om ei styrking av jordlova kan vere med på å betre vernet av den beste dyrka jorda og sikre verdifulle kulturlandskap. Departementet vil leggje til rette for auka kunnskap, informasjon og dialog på feltet og tek vidare sikte på å arrangere ein nasjonal konferanse om jordvern i 2004.
Jordskifterettane
Jordskifterettane er særdomstolar som arbeider med oppgåver med heimel i jordskiftelova. Nesten alle krav om jordskifte kjem frå privatpersonar som eig areal eller har bruksrett. Dei juridiske verkemidla i jordskiftelova blir brukte til å skape betre eigedomsstruktur, klårare rettstilhøve for fast eigedom, samarbeid på tvers av eigedomsgrensene og auka bruk av grunnareal som erstatning ved ekspropriasjon. Jordskifterettane løyser konfliktar og etablerer samarbeid på tvers av eigedomsgrensene. Dette medverkar til eit betre miljø og samarbeidsklima samstundes som ein får utnytta naturressursane på ein betre og meir rasjonell måte. Jordskiftelova er endra slik at jordskifterettane no har dei nødvendige verkemidla til å gjennomføre makeskifte i samband med skogvern.
Administrasjonen av jordskifterettane er foreslått flytta frå Landbruksdepartementet til Domstolsadministrasjonen, jf. omtale under kap. 1145.
Naturressursdata
God kunnskap om areal- og ressursgrunnlaget er nødvendig for ein lønnsam og miljøtilpassa næringsverksemd og for at ein skal ta omsyn til måla om jordvern og forvaltning av kulturlandskapet. Resultatkontroll og vidareutvikling av landbrukspolitikken krev òg eit oppdatert datagrunnlag. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2004, men i noko redusert tempo.
Departementet arbeider saman med Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) og andre institusjonar for å heve kvaliteten på slik informasjon og for å gjere informasjonen betre tilgjengeleg. Geovekstsamarbeidet, som produserer komplette digitale grunnkart, satsinga på digitale markslagskart (DMK), jordsmonnkart og reindrifta sine arealbrukskart er blant hovudsatsingane innan dette feltet. Arbeidet med å leggje ut slik informasjon på nettet er og ein hovudstrategi i arbeidet framover. Dette er tiltak for å modernisere forvaltninga og betre vilkåra for dei næringsdrivande.
Lokal og regional tilpassing av landbrukspolitikken
Mye av grunnlaget for å utarbeide nye strategiar i landbrukspolitikken skal byggje på lokale og regionale utfordringar og problemstillingar.
De ulike utfordringane krev lokale og regionale tilpassingar av nasjonale verkemidlar og desentralisering av myndigheit og ansvar.
Frå 01.01.2004 blir myndigheita på ein rekkje område desentralisert til kommunane. Det vil gi kommunane moglegheit til å utøve eit sterkare skjønn i forhold til lokale utfordringar. Vidare skal det frå 01.01.2005 utarbeidast regionale miljøprogram med Fylkesmannen som ansvarleg og i nært samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Landbruksdepartementet vil òg vurdere om det på andre politikkområde skal utviklast samla strategiar på regionalt nivå.
Grunnlaget og kunnskapen for å utvikle nye strategiar innan landbrukspolitikken ligg i stor grad hos kommunane. Dette krev lokal tilpassing av dei nasjonale verkemidla, gjennom auka handlingsrom og ein auka desentralisering av myndigheit og ansvar for gjennomføringa av landbrukspolitikken. Målet er å stimulere til lokal forankring, forståing og aksept for viktige landbrukspolitiske målsetingar, og eit forsterka lokaldemokrati på landbruksområdet. Det er eit sentralt utgangspunkt i landbrukspolitikken at næringa samstundes som å produsere mat og trevirke, i tillegg skal ivareta samfunnsmål som livskraftige lokalsamfunn, levande kulturlandskap og eit breitt spekter av miljøgode. For å nå desse måla er det derfor viktig at kommunane i større grad blir gitt høve til å sjå landbrukspolitikken i samanheng med annan næringspolitikk og ressurs- og miljøforvaltning, jf. omtalen av Landbruk Pluss og departementet si kommuneratta satsing i innleiinga og kat. 15.00.
Likestillingsarbeid i landbrukspolitikken
Landbrukspolitikken skal fremme likestilling for begge kjønn i tråd med den generelle likestillingspolitikken. Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like moglegheiter til å drive aktivt i tradisjonell produksjon og i nye næringar innan og i tilknyting til landbruket. På denne måten blir dei landbrukspolitiske måla om eit levedyktig og berekraftig landbruk i hele landet underbygd.
Landbruksdepartementet ønskjer å få betre kunnskap om effekten av dei landbrukspolitiske verkemidla. Verkemidla må innrettast og forvaltast slik at dei utnytt det potensialet som ligg i ei aktiv satsing på både kvinner og menn i næringa. Ein slik verkemiddelbruk vil styrkje bredda og mangfaldet og auke den samla verdiskapinga i landbruket, og dermed underbyggje dei overordna landbrukspolitiske måla.
Departementet har bede Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) gjennomføre ei kjønns- og likestillingsvurdering av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon og Verdiskapingsprogrammet for reindrift som SND forvaltar på vegne av departementet. Grunnen til at ein har valt å sjå nærare på desse to programma, er fordi viktige målgrupper her er bedrifter og etablerarar. Landbruksdepartementet har til no ikkje valt å foreta ei vurdering av Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke, då dette programmet hittil i liten grad har vore retta mot enkeltbedrifter, men mot infrastruktur og ulike former for breiare utviklingsprosessar der organisasjonar og ikkje bedrifter/etablerarar har vore søkjarar.
SND tar sikte på å leggje fram forslag til eventuelle endringar av programma som følgje av vurderinga for programstyra og Landbruksdepartementet ved årsskifte 2003-2004.
Ein viser til St.prp. nr. 70 (2002-2003) der ein gir ei nærare omtale av likestilling i landbruksnæringa.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Støtte til organisasjonar , kan overførast | 13 600 | ||
Sum kap 1138 | 13 600 |
Kapitlet er nytt. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer departementet framlegg om å samle støtte til ideelle organisasjonar. Kapitlet femner såleis støtte til organisasjonar som i 2003 blei gitt under kap. 1140 post 77 og kap. 1142 post 76. Kapitlet femner òg avsetninga til økologiske organisasjonar som er flytta ut av jordbruksavtala frå 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). Tilskott til Nordisk Genbank for Husdyr (NGH), Norsk fjordhestsenter og Nordnorsk hestesenter er lagt til kap.1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar.
Post 70 Støtte til organisasjonar.
Resultatrapport 2002
Departementet støtta i 2002 17 stiftingar, ideelle organisasjonar og tidsskrift som arbeider innafor landbrukspolitiske satsingsområdar. Støtta er fordelt i høve til omtale i St.prp. nr. 1 (2001-2002) under kap. 1140 post 77 og 1142 post 76.
Budsjettframlegg 2004
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,6 mill. kroner for 2004. Posten er ny og løyvingsforslaget er bygd opp av desse elementa:
10,0 mill. kroner er overført frå kap. 1140 post 77
1,0 mill. kroner er overført frå kap. 1142 post 76
2,6 mill. kroner er overført frå kap. 1150 post 77.15 knytt til avsetning til økologiske organisasjonar.
Samla inneber løyvingsforslaget ein reduksjon på 2,1 mill. kroner i høve til 2003. Midlane er avsett til støtte til ideelle organisasjonar og tidsskrift som arbeider innafor landbrukspolitiske satsingsområde, til dømes organisasjonar som:
fremmer miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren
fremjar positive haldningar til- og forståing for grøne verdiar hos ungdom og folk flest
arbeider med likestillingsspørsmål innan jord og skogbruk
Midlane vil bli fordelte etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Departementet legg opp til at midlane vil bli utlyste slik at det er mogleg å fastsette fordelinga rett etter Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2003-2004).
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskott til genressursar, miljø- og ressursregistreringar , kan overførast | 23 496 | ||
Sum kap 1139 | 23 496 |
Kapitlet er nytt. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer departementet framlegg om å samle løyvingane til arbeidet med genressursar, ressurs- og miljøregistreringar i landbruket. Kapitlet femner såleis tiltak frå tidlegare kap. 1140 post 77 og kap. 1142 post 76.
Post 70 Tilskott til genressursar, miljø- og ressursregistreringar
Posten femner tiltak knytt til styrking av arbeidet med å ta vare på og bruke genressursar. Posten femner òg miljø- og ressursregistreringar og overvaking knytt til areal, kulturlandskap og biologisk mangfald. Ein del av løyvinga vil bli nytta til tiltak som sikrar frø- og planteforsyninga i skogbruket. Løyvinga vil òg bli nytta til ulike ressurs- og miljøtiltak, mellom anna til tiltak for å betre miljøtilpassingane, til utvikling av metodar for kartleggjing av miljøverdiar i skog, til ressursregistreringar og til ulike opplærings- og informasjonstiltak i skogbruket.
Resultatrapport 2002
Over kap. 1140 post 77 og kap. 1142 post 76 gav ein i 2002 støtte til ulike tiltak knytt til frøforsyning, genressursoppgåver, miljøinformasjon, kunnskapsoppbygging o.a. Tabellen nedanfor gir ei grov oversikt over dette.
Tabell 2.9 Oversikt over støtte til frøforsyning, genressursoppgåver, miljøinformasjon, kunnskapsoppbygging m.m. i 2002.
Frå kapittel/post | Tiltak/prosjekt | Beløp i mill. kroner |
---|---|---|
1140 post 77 | Kartlegging. Overvaking og rapportering | 6,4 |
Nordisk genbank for husdyr, Nordnorsk hestesenter og Norsk fjordhestsenter, Internasjonalt genressursarbeid o.a. | 3,4 | |
Oppfølging av handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel | 0,85 | |
Sum utbetalt frå kap. 1140 post 77 i 2002 | 10,65 | |
1142 post 76 | Frøforsyning og genressurstiltak i skogbruket | 6,0 |
Overvaking og kartlegging av skade på skog o.a. | 0,7 | |
Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket | 3,9 | |
Metodeutvikling, miljøregistrering og -kunnskap i skogbruket | 7,3 | |
Sum utbetalt frå kap. 1142 post 76 i 2002 | 17,9 |
I tillegg var det utgifter i 2002 på om lag 2 mill. kroner på kap. 1142 post 76 som først blei utbetalt i 2003.
Samla sett blei det i 2002 disponert i underkant av 30 mill. kroner til dei formåla som er nemnd i tabellen ovanfor.
Kartlegging, overvaking og rapportering, resultatkontroll
Arbeidet med produksjon og utvikling av digitale markslagskart blei støtta over posten. Dette er ein del av eit større prosjekt som og blir finansiert over jordbruksavtalen. Arbeidet med resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet blei vidareført i 2002. Det blei vidare lagt vekt på å følgje opp internasjonale forpliktingar mellom anna frå Nordsjøplanen og Konvensjonen om langtransportert grensekryssande luftforureining og KYOTO-protokollen. Ein har også støtta gjennomføringa av tiltak innafor Handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel.
NIJOS arbeider med resultatkontroll knytt til utvikling av skogtilstanden og knytt til dei konkrete tiltaka i primærskogbruket, jf. nærare omtale under kap. 1149.
Genressursarbeid, frøforsyning o.a.
I 2002 tok departementet aktivt del i eit nordisk prosjekt med å utgreie tilgangen og rettighetar til genetiske ressursar i dei nordiske landa. Det blei halde eit nordisk seminar om temaet. Det nordiske prosjektet blei stadfesta under Nordisk ministerråd sitt sommarmøte for mat-, fisk- og jord- og skogbrukssektorane. Noreg sin rapport til FAO om Husdyravl og husdyrgenetiske ressursar i Noreg 2002 blei utarbeidd. Arbeidet innan Norsk genressursråd blei etablert og arbeidet innan genressursutvala for husdyr, kulturplanter og skog blei styrka mellom anna gjennom auka kartlegging og dokumentasjonstiltak.
Ved overføring av tidlegare Statens Skogfrøverk til Det norske Skogelsskap under namnet Det norske Skogfrøverk gjorde Landbruksdepartementet og Skogselskapet ei avtale om at staten skal gi økonomisk støtte til konglesanking o.a., samstundes som Skogfrøverket skulle ta på seg oppgåver knytt til dokumentasjon og opphavsmerking når det gjeld skogsfrø. Som følgje av redusert planteinnsats i skogbruket har Skogfrøverket mista salsinntekter og fått ein svekka økonomi. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk. Som følgje av retningslinjer frå OECD er det eit mål at mest mogleg av frøforbruket i skogbruket i framtida skal ha sitt opphav i produksjonsanlegg som sikrar god kunnskap om frøet sitt opphav. For å gjennomføre dette arbeidet er offentleg støtte nødvendig.
Informasjons- og miljøtiltak i skogbruket
Landbruksdepartementet støtta i 2002 ei rad større og mindre informasjonstiltak knytt til skogbruk og miljøvern. Tiltaka var ulike både i storleik og innhald, og det blei m.a. gitt støtte til utgreiingar og rapportar om naturskog, truga artar knytt til skog o a. Det blei og ytt støtte til regionale og landsdekkjande samlingar og konferansar om ulike spørsmål knytt til skogbruket sin ressursforvaltning, miljøarbeid o a.
Landbruksdepartementet har i 2002 ført vidare satsinga på eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar i hovudsak utført ved Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk). Resultata frå MiS-prosjektet og dei praktiske røynslene med prosjektet vil føre til at registreringsmetodikken blir utvikla og forbetra både når det gjeld kvalitet, arealeffektivitet, kostnader o.a. Miljøregistreringar er ein del av skogbruksplanane som skogeigaren kan få stønad til å utarbeide og er eit viktig grunnlag for miljøinnsatsen i skogbruket. Dette gjeld òg arbeidet med ei harmonisering med den naturtyperegistrering som kommunane gjer etter oppdrag frå miljøvernstyresmaktene.
Arbeidet knytt til utvikling av metode for kulturminneregistreringar i skog blei ført vidare i 2002, men grunna mindre kapasitet i prosjektet har ein i 2002 hatt lågare aktivitet enn planlagt. Dette inneber at det står att meir arbeid for 2003 og 2004 når det gjeld publisering o.a.
Budsjettframlegg 2004
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 23,5 mill. kroner for 2004. Posten er ny og midlane er flytta over frå kap. 1140 post 77 og kap. 1142 post 76. Samla inneber løyvingsforslaget ein reduksjon på 4,9 mill. kroner i høve til løyvingsnivået for desse tiltaka i 2003. Dette er mellom anna mogleg fordi nokre av utviklingstiltaka under posten ikkje lenger krev dei same løyvingane. Reduksjonen inneber likevel at departementet må redusere satsinga noko når det gjeld genressursar, miljø- og ressursregistreringar, miljøutviklingsprosjekt og ulike informasjonstiltak.
Genressursar, frøforsyning o.a.
Genetiske ressursar i husdyr, kulturplanter og skogstre er det levande grunnlaget for dagens landbruk og vilkåret for vidare utvikling. Det er viktig å klargjere retten til og tilgangen til genetiske ressursar i Noreg.
Å sikre genetiske ressursar gjennom bevaring og berekraftig utnytting og gjennom ei rettferdig fordeling av dei godane dei medverkar til, står sentralt i oppfølginga av Noregs internasjonale forpliktingar innafor den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar og arbeidet innan FAOs kommisjon for genetiske ressursar. Departementet vil i 2004 styrkje informasjonsarbeidet om Noregs forpliktingar på genressursområdet og arbeide for auka forsking og kunnskapsutvikling på området. Departementet vil aktivt følgje opp det relevante internasjonale arbeidet på feltet.
Departementet gjer vidare framlegg om å halde oppe Noreg sitt bidrag til Nordisk Genbank for Husdyr (NGH) på same nivå som i 2003. Ein vil og gi støtte til Norsk fjordhestsenter, Nordnorsk hestesenter og til Norsk hjortesenter på Svanøy.
For å følgje opp tidlegare vedtak og planar vil ein i 2004 gi tilskott over denne posten til Skogforsk for det arbeid Skogforsk gjer som sekretariat for genressursutvalet for skog.
Det vil innafor posten bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innan frøforsyninga i skogbruket. Som nemnd over ligg det ei avtale mellom Landbruksdepartementet og Det norske Skogselskap til grunn for denne støtta som går til to hovudformål; kjøp av tenester frå Skogfrøverket knytt til kontroll og dokumentasjon og støtte til frøtilgang frå område der det ikkje er mogleg å dekkje kostnadene gjennom marknaden. For 2004 blir midlane prioritert til frø- og konglesanking, frøproduksjonsanlegg og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Innafor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga.
Miljø- og ressurskunnskap m. m.
Departementet meiner at god kunnskap og oversikt over miljøverdiar og ressursar er ein føresetnad for berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Hovudinnsatsen knytt til innsamling av ny ressurs- og miljøkunnskap ligg i kap. 1146 og kap. 1149 der ein post er knytt til tilskott til skogbruks-planlegging med miljøregistrering. Det ligg òg oppgåver i å følgje utviklinga over tid, jf. òg kap. 1146.
I 2004 vil departementet under posten føre arbeidet med forbetra miljø- og ressurskunnskap vidare ved m. a. å:
leggje til rette for å få fram stadfesta informasjon om miljøverdiar og ressursar
leggje til rette for å få fram kartprodukt som kan vere gode verktøy i arealplanlegging og ressursforvaltning
vidareføre Jordsmonnsovervakinga
ta del i arbeidet med eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald
støtte opp under ulike prosjekt som fremmer og utviklar miljø- og ressursregistrering med sikte på betre miljøtilpassing i næringsverksemda
Miljøtiltak i skog
For 2004 legg Landbruksdepartementet opp til å føre vidare satsinga på eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar og kulturminne gjennom dei to delprosjekta i MiS.
Prosjektet arbeider vidare i samsvar med prioriteringane som er presentert i tidlegare budsjettproposisjonar. Hovudoppgåvene for prosjektet i 2004 er mellom anna å:
framleis publisere resultat frå prosjektet i internasjonale vitskaplege tidsskrift
framskaffe kunnskap om forvaltning av dei verdiane som blir registrert
vidare metodeutvikling med utgangspunkt i kunnskap om mellom anna spreiingsevne hos ulike artar, samt skoghistorikk
vidareføre samarbeidet med Norsk institutt for naturforsking (NINA) når det gjeld informasjonen i den nasjonale raudlista om trua og sårbare artar i skog
Oppgåvene på dette området er framleis mange og vil krevje ei oppfølging av prosjektet i alle fall ut over 2004 i samsvar med omtalen i tidlegare års budsjettproposisjonar.
Arbeidet med å evaluere gjennomføringa og bruken av MiS-registreringane held fram i 2004 i eit samarbeid der m.a. NIJOS, NINA og Skogforsk deltek. Fleire tema som har utspring i MiS-prosjektet sitt arbeid gir òg grunnlag for søknader til Forskingsrådet.
Som ledd i oppfølginga av det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er det eit arbeid i gang for å leggje til rette for at MiS-registreringar kan gi grunnlag for å identifisere naturtypar etter Direktoratet for naturforvaltning (DN) si kommunale kartlegging. Dette arbeidet blir gjennomført av NIJOS og DN. I samband med programmet er det og i gang prosjekt i samarbeid med Direktoratet for naturforvaltning og andre departement knytt til auka kunnskap om trua og sårbare arter. Arbeidet knytt til MiS-delprosjektet si utvikling av metode for registrering av kulturminne i skog held fram. NIJOS leier prosjektet og har i 2002 hatt lågare aktivitet enn venta på grunn av mindre kapasitet i prosjektet. I 2004 blir hovudoppgåvene publisering av ein hovudrapport og oppfølging i høve til konkrete enkeltprosjekt.
Kompetansen i kulturminnedelprosjektet kan nyttast innan både jord- og skogbruk og er og relevant i høve til arbeidet med m.a. miljøplanar på einskilde bruk. Departementet arbeider derfor for å klargjere framtidig innsats på dette området. Arbeidet i dette delprosjektet vil derfor bli ført vidare og venteleg ut over 2004.
Under posten vil ein òg bruke midlar for andre tiltak knytt til kunnskapsinnsamling og informasjonstiltak i eit berekraftig skogbruk. Informasjonstiltaka rettar seg både mot samfunnet generelt, mot rådgjevarane på regionalt og lokalt nivå i skogbruket og mot den einskilde skogeigar. Tiltaka femner om tilskott til produksjon av infomateriell og seminar og til kunnskapsoppbygging og samlingar, m.a. retta mot offentleg og privat verksemd.
Kap. 1140 Miljø- og næringstiltak i jordbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 18 523 | 18 967 | |
77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast | 35 408 | 35 881 | |
Sum kap 1140 | 53 931 | 54 848 |
I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer ein framlegg om at løyvingane for 2004 under post 50 blir flytta til nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket. Løyvingane for 2004 under post 77 blir flytta dels til nytt kap. 1138 Støtte til organisasjonar, dels til nytt kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar og dels til nytt kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket.
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
For ein omtale av resultatrapportering for 2002 og budsjettframlegg for 2004, viser ein til nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket.
Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.
For ein omtale av resultatrapportering for 2002 og budsjettframlegg for 2004, viser ein til nytt kap. 1138 Støtte til organisasjonar, kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar og kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket.
Kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Forvaltningsstøtte, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 19 420 | ||
51 | Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket, Skogforsk | 13 435 | ||
Sum kap 1141 | 32 855 |
Kapitlet er nytt. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer ein framlegg om å samle løyvingane for 2004 til kjøp av forvaltningsstøtte, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, jf. kap. 1140 post 50 og til forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket, jf. kap. 1142 post 50 under eit nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket.
Post 50 Forvaltningstøtte, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Ein stor del av verksemda til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) er oppgåver til støtte for forvaltninga på oppdrag frå Landbruksdepartementet. Den forvaltningsretta verksemda til NILF kan ein dele inn i verksemdområda sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, annan dokumentasjon av næringsøkonomi og matmarknad, føretaksøkonomisk rettleiing og styring og driftsøkonomiske data og analysar. NILF har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der Landbruksdepartementet er oppdragsgjevar.
NILF utarbeider føretaksøkonomisk statistikk og analysar som grunnlag for forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd, jf. kap. 1137. Materialet blir m.a. brukt som grunnlag for jordbruksforhandlingar og utforming av verkemiddel i landbrukspolitikken. NILF medverkar til å dokumentere sentrale utviklingstrekk i landbruk, matvareindustri og matvaremarknad og til å overvake internasjonale handelsavtaler og internasjonale marknader. Instituttet medverkar òg til betre organisering og leiing av landbruksføretak.
Resultatrapport 2002
Driftsgranskingane for 2001 blei publisert hausten 2002. Granskingane omfatta rekneskapsdata frå 948 gardsbruk over heile landet. Det er utvikla nytt EDB-verktøy som skal gjere dette arbeidet mindre ressurskrevjande.
Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket har NILF utarbeidd materiale som grunnlag for jordbruksforhandlingane og som delvis òg blir brukt i nasjonalbudsjettet.
I 2002 har NILF også arbeidd med pris- og marginanalysar for matvarer, forenkling av avgifter på matområdet, miljøverkemiddel i jordbruket, målretting av verkemiddel i reindriftspolitikken, konsesjonsgrenser i svine- og fjørfehaldet og prisutjamningsordninga for mjølk.
Mål og resultatkrav i 2004
NILF skal i 2004 føre vidare dei faste oppgåvene instituttet har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha eit relativt omfattande behov for utgreiingar av særskilte problemstillingar i mat- og landbrukspolitikken.
Generelt legg departementet til grunn ei vidare utvikling av datamateriale som kan nyttast i samband med utforminga av landbrukspolitikken. Departementet legg vekt på at NILF har god kompetanse i spørsmål om internasjonale marknader og internasjonal handelspolitikk. Ei anna sentral oppgåve for NILF, i samarbeid med andre relevante kompetansemiljø, er å gjennomføre analysar og utvikle dokumentasjonsverktøy knytt til tilhøva i matvaremarknaden.
NILF har ei sentral oppgåve i å utvikle kompetanse og hjelpemiddel for driftsøkonomisk rettleiing og styring. Departementet legg framleis vekt på at deler av dette arbeidet blir finansiert gjennom brukarane si betaling for produkta.
Budsjettframlegg 2004
Departementet gjer framlegg om 19,42 mill. kroner til næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse i 2004. Frå 01.01.2004 blir den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta avvikla. For offentleg sektor legg ein opp til ein kompensasjonsordning gjennom justerte rammeoverføringar for dei verksemder som frå 2004 går over til å nytte høgste sats. Posten er i samband med dette oppjustert med 0,25 mill. kroner.
Post 51 Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket
Over post 51 blir forskingsbasert kompetanse til støtte for politikkutvikling og gjennomføring av forvaltnings- og informasjonsoppgåver finansiert. Ulike forskings- og utredningsinstitusjonar, i hovudsak Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk), gir råd og gjer utgreiingar som ligg til grunn for tiltak, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Resultatrapport 2002
Skogforsk utførte ei rekkje oppgåver knytt til informasjon, rådgjeving og andre fagoppgåver på vegne av forvaltninga. Feltforsøka i skog har ein stor skogpolitisk verdi der ein følgjer utviklinga i ulike skogtypar med omsyn til kartlegging av miljø, ressurs og skade. Instituttet gir informasjon og held oversikt over skadeomfang av ulike slag, til dømes sopp- og insektskadar.
Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar. Med grunnlag i resultata, som syner at skaden på skogen frå luftforureiningane er liten, er omfanget av overvakinga redusert. Omfanget er likevel på nivå med våre internasjonale forpliktingar. Både Skogforsk og NIJOS utførte overvakingsoppgåver i denne samanheng.
I fleire intenasjonale samarbeidsorgan deltek Skogforsk som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er mellom anna samarbeid i Barentsregionen, European and Mediterranean Plant Protection Organisation (EPPO) og International Energy Agency (IEA).
Noreg sitt bidrag til Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa blei finansiert over denne posten i 2002.
Fleire mindre prosjekt innan internasjonale og nasjonale spørsmål i skogsektoren blei gjennomført ved ulike institusjonar.
Budsjettframlegg 2004
Departementet gjer framlegg om 13,435 mill. kroner til forvaltningsstøtte og andre oppdrag for det offentlege i 2004.
Fleire forskingsinstitusjonar gjer viktige oppgåver for Landbruksdepartementet. Institusjonane gir råd og gjer utgreiingar som ligg til grunn for politiske og forvaltningsprega tiltak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Medverknad frå institusjonane i samband med internasjonale prosessar som gjeld skog er framleis aukande.
Skogforsk er særleg engasjert i forsking omkring miljøaspektet ved skogbruk og genetikk knytt til skog. Skogforsk utfører m.a. ei mengd feltforsøk som har stor skogpolitisk verdi og som det er viktig å oppretthalde både vitskapleg og som grunnlag for framtidig politikkutforming og forvaltning.
Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogskadeovervaking. Departementet vil no vri innsatsen meir over mot klimaskadar. Jf. at ein ventar at klimaendringar vil ha ein større verknad på skogen sin helsetilstand enn sur nedbør.
Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa er det skogpolitiske samarbeidet i Europa. Noreg er eit av dei landa som koordinerer arbeidet. Kjøp av tenester i samband med dette arbeidet blir finansiert over post 51.
Kap. 1142 Miljø- og næringstiltak i skogbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket, Skogforsk | 12 379 | 12 968 | |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 381 | 3 442 | |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast | 82 996 | 39 000 | |
76 | Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket , kan overførast | 18 647 | 18 728 | |
Sum kap 1142 | 117 403 | 74 138 |
I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer ein framlegg om at løyvingane for 2004 under post 50 blir flytta til nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket. Løyvingane under post 51 og 71 blir flytta til nytt kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket. Løyvingane under post 76 blir flytta dels til nytt kap. 1138 Støtte til organisasjonar og dels til nytt kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar.
Post 50 Forvaltningsstøtte, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket
For ein omtale av resultatrapportering for 2002 og budsjettframlegg for 2004, viser ein til nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket.
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
For ein omtale av budsjettframlegg for 2004, viser ein til nytt kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
For ein omtale av resultatrapportering for 2002 og budsjettframlegg for 2004, viser ein til nytt kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket.
Post 76 Ressurs- og miljøtiltak i skogbruket
For ein omtale av resultatrapportering for 2002 og budsjettframlegg for 2004, viser ein til nytt kap. 1138 Støtte til organisasjonar og kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar.
Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 156 683 | 144 267 | 144 748 |
70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren , kan overførast | 10 922 | 13 267 | 1 036 |
71 | Tilskott til små slakteri , kan overførast | 9 469 | 6 100 | 4 100 |
72 | Erstatningar , overslagsløyving | 1 512 | 102 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar , overslagsløyving | 39 848 | ||
74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering , kan overførast | 15 267 | ||
75 | Tilskott til matkorn , overslagsløyving | 109 400 | ||
Sum kap 1143 | 178 586 | 163 736 | 314 701 |
Mål og strategiar
Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SLF har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken, og det er lagt opp til at SLF i tillegg til å administrere dei ulike ordningane òg skal ha ei rådgjevande rolle. Det er føresett at SLF skal medverke til administrativ forenkling og til å utvikle eksisterande regelverk med sikte på auka måloppnåing.
Hovudmål for verksemda:
SLF skal innafor dei landbrukspolitiske rammene medverke til å:
sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder
sikre matproduksjon og ei stabil matforsyning
sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri
sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale plikter.
SLF skal vere ei velfungerande verksemd med initiativrike, endringsdyktige og serviceinnstilte medarbeidarar som gjennom forvaltning og rådgjeving skal sikre brukarane effektive tenester.
SLF har utarbeidd ein strategisk plan for perioden 2002-2006. Det er peika ut tre strategisk viktige områder som SLF spesielt må leggja vekt på i perioden:
heilskapleg forvaltning og rådgjeving
samarbeid med andre
effektivisering av forvaltninga
Presentasjon av resultatområde
SLF har 5 resultatområde. For å nå måla på dei ulike resultatområda er det viktig med god samhandling mellom avdelingane i SLF. Dei ulike resultatområda er:
Areal- og ressursforvaltning
SLF skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder. Dei viktigaste ansvarsområda er knytte til utvikling og forvaltning av verkemidla på arealområdet, innafor miljø og kulturlandskap og erstatningsordningar.
SLF har òg ansvar for ein del av Bygdeutviklingsmidla.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
SLF skal medverke til å sikre ein stabil matproduksjon og stabil matforsyning. SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, kompetanse, rekruttering og velferdsordningar, kvoteordningar for mjølk og husdyrkonsesjon.
Omsetning og marknadstiltak
SLF skal medverke til å sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla innan økologisk landbruk og innafor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har og ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet og styrer på forskingsområdet.
Handel og industri
SLF skal medverke til å sikre eit godt fungerande importvern og oppfylling av internasjonale rettar og plikter. Dei viktigaste ansvarsområda er importvern, tollnedsetjingar, importkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, eksportstøtteordningar, marknadsovervaking og prisinnhenting. Felles for ordningane er at importørar og næringsmiddelindustri er viktige målgrupper, og at ordningane er knytt til internasjonale avtaler.
SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innafor SLF sitt totale ansvarsområde.
Administrasjon
SLF skal vere ei velfungerande verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.
Resultatrapport 2002
SLF blei oppretta 01.07.2000. Arbeidet med å tilpasse verksemda til nye krav er vidareført. Innafor samtlege resultatområde har det vore og vil bli gjennomført omfattande forvaltningsomleggingar.
IKT-strategien er eit ledd i å utvikle SLF til å kunne tilby elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltninga. Det er i 2002 sett i gang mange prosjekt og satsa mykje på arbeidet med å realisere strategiane for å gjere SLF til ei e-forvaltningsverksemd.
SLF har kome med innspel til jordbruksoppgjeret i 2002 og fokus har særleg vore på å forenkle ordningane både for brukarane og forvaltninga. Prisutjamningsordninga for mjølk har hatt stor merksemd også i 2002. Samarbeid med andre aktørar er gjennomført med høg prioritet i 2002. Det er på utvalde område etablert bransjeforum for å få ein systematisk dialog med bransjen.
Ny forskrift for produksjonstilskott er vedteke frå 01.07.2002. Regelverket gir bøndene høve til å organisere verksemda i ulike selskap og selskapsformer på linje med anna næringsliv, samt å leggja til rette for ulike samarbeidsløysingar. Behovet for informasjon knytt til endra regelverk har vore omfattande.
I løpet av 2002 har SLF arbeid med å sikre ein meir samordna og heilskapleg forvaltning av tiltak på det økologiske området. Arbeid med marknadstiltak innan økologisk landbruk har halde fram. SLF har i 2002 hatt det overordna ansvaret og gjort eit omfattande arbeid for å førebu innføring av krav om miljøplan for alle jordbruksføretak som tek i mot produksjonstilskott.
Rammevilkåra for norsk landbruk og næringsmiddelindustri er dei siste åra i større grad blitt påverka av internasjonale avtaler. Statens landbruksforvaltning har ansvar for å kome med innspel og bidra med grunnlagsmateriale og faglege analyser. I 2002 har forhandlingane i WTO og EØS vore sentrale.
Nærare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2002 frå Statens landbruksforvaltning på: http://www.slf.dep.no.
Budsjettframlegg 2004
I 2004 vil det vere viktig å utvikle organisasjonen vidare slik at SLF kan nå dei måla og gjennomføre dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda, jf. kat. 15.30 og kap. 1149 og 1150.
Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til gjennomføringa av IKT-strategien for perioden 2002-2004. Satsinga på IKT er heilt nødvendig for å møte dei utfordringane som SLF vil stå overfor i forvaltninga dei næraste åra. SLF blir stilt overfor krav om auka brukarfokus og betre service enn tidlegare. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det (elektroniske sjølvbetjeningsløysingar). Realisering av IKT-strategien vil medverke til dette.
Under følgjer ei nærare omtale av dei einskilde resultatområda:
Areal- og ressursforvaltning
I 2004 må SLF arbeide vidare med å leggje til rette for ein meir heilskapleg verkemiddelbruk på miljøområdet der ein ser juridiske og økonomiske verkemiddel i samanheng og som er betre tilpassa dei lokale utfordringane, m.a. gjennom innføring av miljøprogram.
SLF må arbeide for ein meir heilskapleg og styrkt innsats slik at landbruks- og arealbruksomsyn i større grad blir integrert i prosessane knytt til planlegging og utvikling på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.
SLF må leggje vekt på oppgåver knytt til overvaking og bruk av kart og kartverktøy på området areal- og ressursforvaltning.
SLF må utvikle erstatningsordningane i landbruket og forvaltninga av dei med sikte på forenkling. SLF må vidare greie ut ordningane for erstatning etter og sikring mot naturskader, med sikte på auka målretting og effektivisering.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
I 2004 må SLF leggje vekt på å sikre ei god iverksetjing av nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på effektivisering og forenkling. Produsentane skal kunne søkje om produksjonstilskott på Internett og kommunar og fylkesmenn skal kunne nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Innafor Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL) skal behovet for eit kompetansekrav i landbruket utgreiast. Innspel til målretting og forenklingar i dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktig i 2004. Arbeidet med å redusere oppgåvebyrdene til næringslivet skal førast vidare med sikte på effektivisering og forenkling.
Omsetning og marknadstiltak
I 2004 må SLF leggje vekt på å sikre ei god iverksetjing av den endra prisutjamningsordninga for mjølk frå 01.01.2004, samstundes som den tidlegare ordninga blir avvikla på forsvarleg vis. Oppfølging av gjennomgangen av marknadsordningane for å sikre mest mogleg like konkurransevilkår for dei uavhengige aktørane i gjennomføringa av marknadsreguleringa vil måtte prioriterast. Økologisk landbruk og styrking av beredskapsarbeidet vil òg vere viktige satsingsområde.
Handel og industri
I 2004 må SLF leggje vekt på førebuing til internasjonale forhandlingar samt å kunne implementere resultatet av desse. SLF må i 2004 ha fokus på marknadsovervaking og forsterke prisovervakinga i heile verdikjeda frå korn til matmjøl. Arbeidet med målretta ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innafor SLF sitt ansvarsområde må ha høg fokus.
Administrasjon
SLF må i 2004 ha fokus på gjennomføringa av IKT-strategien for perioden 2002-2004 der utvikling av SLF til elektronisk forvaltning står sentralt. SLF må i 2004 arbeide vidare med effektivisering av verksemda.
Merknader til dei einskilde postane
Post 01 Driftsutgifter
Posten skal dekkje SLF sine driftsutgifter. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter og ved evalueringar, jf. omtale av Økonomiregelverket i staten i kat. 15.00 i St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Departementet gjer framlegg om ei løyving på kap. 1143 post 01 på om lag 144,75 mill. kroner for 2004. Det er lagt inn eit budsjettiltak som inneber ein reduksjon på 4 mill. kroner. I tillegg kjem følgjande endringar:
0,3 mill. kroner blir foreslått overført til kap. 1150 post 77.13 knytt til overføring av oppgåver til Forsøksringane, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003) Jordbruksoppgjøret.
0,6 mill. kroner blir foreslått overført frå kap. 1107 post 01 til dekking av kostnadar ved forvaltning av ordninga med erstatning etter pålegg i husdyrlova.
0,125 mill. kroner blir foreslått overført frå kap. 1110 post 01 i samband med overføring av forvaltningsansvaret for tilskottsordningar til planteavl m.m.
For å følgje opp kravet om realistisk budsjettering er posten foreslått oppjustert med 3,5 mill. kroner mot ei parallell oppjustering av inntektene under kap. 4143 post 01.
Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren
Beredskapsordninga for korn og mjøl i Nord-Noreg samt dei tre siste beredskapslagera for korn i Sør-Noreg blei avvikla i 2003.
I andre halvår 2003 blir det etablert ei ordning for lager av mjøl til bakeribransjen i området frå Ofoten/Vestfjorden og nordover. Ordninga byggjer på avtaler mellom handelsmøllene og Statens landbruksforvaltning. I avtalene forpliktar handelsmøllene seg til i tillegg til eige driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området.
Det blir gjort framlegg om ei løyving på posten på 1,036 mill. kroner for 2004.
Post 71 Støtte til småslakteri
Etter at finansieringa av kjøttkontrollen blei lagt om frå 01.01.1999, har enkelte verksemder fått større kostnader til kjøttkontroll. Tilskott til små slakteri skal medverke til å jamne ut kostnadene som desse slakteria har til kjøttkontroll. Støtta skal medverke til at desse slakteria over tid kan tilpasse seg finansieringsmodellen for kjøttkontroll. Sidan ordninga blei oppretta i 1999 har dei årlige løyvingane blitt gradvis redusert. Med bakgrunn i at reinslakteria har høgare kostnader til kjøtkontroll enn andre slakteri har desse blitt skjerma for dei årlige kutta. Med dei krav til tilsyn og kontroll som er fastsett for kjøttkontroll, vil dei små verksemdene få store kostnader rekna i høve til produksjonen. Tilskott blir sett inn for å dekkje opp nokre av desse meirkostnadene. Siktemålet er at tilsynskostnadene ikkje skal føre til at dei små slakteria blir nedlagde.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,1 mill. kroner i 2004 som er ein reduksjon på 2 mill. kroner frå 2003. Reduksjonen vil føre til at støtta til enkelte slakteri fell bort og enkelte vil få redusert støtte. Reduksjonen vil ikkje omfatte reinslakteri.
Post 72 Erstatningar
Ein gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar
Posten er ny. Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagte tiltak mot sjukdomar, smittestoff, og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova) som er til behandling i Stortinget. Tilskottet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av matlovas krav og plikter i primærproduksjonen, jf. lovframlegget § 31.
Løyvingane til formålet var tidlegare dels ein del av jordbruksavtalen, dels blei det løyvd midlar under kap. 1107 Statens dyrehelsetilsyn til erstatning for tiltak etter husdyrlova. I jordbruksavtalen for 2003 var det semje om å samordne løyvingane og regelverket for ei rekkje erstatningsordningar i ei ny overslagsløyving under kap. 1143, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003) kap. 8.2. Dette medfører følgjande overføringar:
15,6 mill. kroner frå kap. 1150 underpost 50.12
9 mill. kroner frå kap. 1150 underpost 74.14
15,248 mill. kroner frå kap. 1107 post 73.
Samla gjer ein framlegg om å løyve omlag 39,8 mill. kroner i 2004.
Departementet legg til grunn at det blir utarbeidd eit samla og forenkla regelverk så snart som mogleg. Prinsipp for forenklinga er m.a. fastsetting av standard erstatningssatsar så langt dette er føremålstenleg og samanslåing av ordningar så langt som mogleg. Forvaltningssystemet vil òg bli forenkla ved at Fylkesmannen blir førsteinstans i alle erstatningssaker av denne kategori, med Statens landbruksforvaltning som klageorgan og regelverksforvaltar. Ettersom utviklingsarbeidet vil ta noko tid, kan det bli aktuelt med overgangsordningar frå 01.01.2004.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering
Posten er ny. Formålet med tilskottet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske tilhøve. Ein tek med tilskottet også sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket ved utvikling av nye og forbetra sorter. Departementet legg til grunn at over tid skal ein større del av produktivitetsutviklinga blir finansiert med auka betaling frå brukarane. Departementet vil vurdere nærare om rammevilkåra som gjeld for innkrevjing av foredlaravgift og lisensavgift gir grunnlag for tilfredsstillande dekking av kostnadene med utviklingsarbeidet.
Bakgrunnen for tilskottet er restruktureringa av Graminor AS, tidlegare Norsk Kornforedling AS, til eit selskap som vil spele ei sentral rolle innan planteforedling og oppformering, jf. orienteringa i St.prp. nr. 1 (2002-2003) for Landbruksdepartementet, side 114 og 126 - 127. Det går her m.a. fram at alt frå 1. halvår 2003 har Graminor AS lagt premissar for bruken av statlege midlar til foredlingsarbeid. Dette blir nå følgt opp med at det blir gjort framlegg om å løyve vel 15,2 mill. kroner som tilskott til prosjekt ved Graminor AS.
Statens landbruksforvaltning skal ha ansvaret for å vurdere prosjektsøknadar frå Graminor og fastsette kva opplysningar tilskottmottakarane skal sende inn for å vise om måla for tilskottet blir nådde.
Midlane som det her blir gjort framlegg om å løyve blei i 2003 løyvde som del av forvaltningsstøtta til Planteforsk, jf. kap. 1112 post 51 og som del av kap. 1150 post 77. I jordbruksoppgjeret for 2003 blei det lagt opp til å overføre 4,65 mill. kroner frå kap. 1150 underpost 77-15, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003) kap. 7.7.1, samstundes som den nye tilskottsposten får overført 10,617 mill. kroner frå kap. 1112 post 51.
Planteforedling er langsiktig utviklingsarbeid som først viser resultat etter mange års foredlingsarbeid. Ei tid framover må reknast som ein overgangsperiode, m.a. fordi Graminor AS overtek det direkte ansvaret for prosjekt som Planteforsk har sett i gang.
Post 75 Tilskott til matkorn
Posten er ny. Formålet med tilskottet til matkorn er å skrive ned prisen på matkorn og gi lågare prisar til forbrukar. Utrekninga av løyvinga er ei teknisk tilbakeføring av tollinntektene i perioden 1. april 2002 til 31. mars 2003 gjennom ei nedskriving av prisen på alt matkorn (norsk og importert). Ordninga er i samband med behandlinga av jordbruksoppgjeret 2003 flytta ut av jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 underpost 73-20 med forslag om løyving på 109,4 mill. kroner.
Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsinntekter m.m. | 28 931 | 23 896 | 28 256 |
18 | Refusjon sjukepengar | 2 336 | ||
80 | Renteinntekter | 1 793 | ||
Sum kap 4143 | 33 060 | 23 896 | 28 256 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg ført på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 28 mill. kroner for 2004.
Kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast | 10 313 | ||
Sum kap 1144 | 10 313 |
Kapitlet er nytt. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer ein framlegg om å flytte løyvingane for 2004 til miljøretta prosjektarbeid i jordbruket, jf. kap. 1140 post 77 til eit nytt kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket.
Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.
Mål
Løyvinga over posten skal gå til å gjennomføre miljørelaterte prosjekt og til generell støtte til verksemda hos Fylkesmannen på landbruksområdet. Midlane er i stor grad knytt til ulike fagprosjekt i embeta og til satsinga Landbruk Pluss. Midlane er viktige for gjennomføringa av satsingar på landbruksområdet regionalt og kommunalt, men òg for å halde kontinuiteten i fleirårige prosjekt.
Resultatrapport 2002
Over kap. 1140 post 77 gav ein i 2002 støtte til ulike tiltak knytt til miljøretta prosjektarbeid.
Tabell 2.10 Oversikt over støtte til ulike tiltak knytt til miljøretta prosjektarbeid i 2002.
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak/prosjekt | |
Prosjekt i regi av Fylkesmannen | 9,3 |
Oppfølging av nasjonale og internasjonale prosessar/forpliktingar | 3,0 |
Areal og kartarbeid | 2,0 |
Sum utbetalt frå kap. 1140 post 77 i 2002 | 14,3 |
I regi av fylkesmannsembeta er det gjennomført prosjekt regionalt og lokalt mellom anna knytt til satsinga på Geovekst og GIS-kompetanseutvikling samt ulike faglege prosjekt og oppfølging av kommunane.
I høve til medverking i den internasjonale utviklinga av miljøarbeidet er det mellom anna gjennomført arbeid innafor OECD og WTO. I samband med WTO-forhandlingane er det satt fokus på miljøspørsmål og det er gjennomført utgreiingar, bilaterale møter og konferansar knytt til dette.
Det er gjennomført tiltak og prosjekt for å lette implementeringa av EUs forordningar for økologisk plante- og husdyrproduksjon. Ein har vidare støtta nokre mindre prosjekt og seminar knytt til overgang til miljøvennlege driftsformer.
Innafor areal- og kartarbeidet har det i 2002 vore fokusert på prosjekt i tilknyting til tettstader og pressområde, men det er òg gitt støtte til prosjekt om medverking frå landbruket i verneplanprosessar, samt prosjekt med auka planlegging og samhandling som mål, både på regionalt og lokalt nivå. Arbeidet med jordvernet har òg blitt prioritert og det er gitt støtte til fleire ulike prosjekt. Det blei i 2002 arrangert eit planseminar med regional forvaltning som målgruppe.
Budsjettframlegg 2004
For 2004 gjer ein framlegg om ei løyving på omlag 10,3 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 3,4 mill. kroner i høve til i 2003 og inneber at departementet må redusere satsinga på miljøretta prosjektarbeid, m.a. ved å redusere tilskotta til arealplanlegging og kartarbeid.
Den kommuneretta satsinga på landbruksområdet skal stimulere til lokal forankring, kjennskap og aksept for viktige landbrukspolitiske målsetjingar. Gjennom satsinga skal ein gje kommunane auka handlingsrom og det skal leggjast til rette for eit forsterka lokaldemokrati på landbruksområdet. Fylkesmannen skal vidareutvikle den landbrukspolitiske dialogen mellom kommunar, fylkeskommunar og fylkesmannen i eit partnarskapsperspektiv. Lokal styring og desentralisering vil bli ført vidare i departementet si satsing Landbruk Pluss.
Mye av grunnlaget for arbeidet med Landbruk Pluss byggjer på lokale og regionale utfordringar og problemstillingar. Fylkesmannen sitt heilskaplege ansvar for landbruket og omstilling i landbruket på regionalt nivå, tilseier at dei har oversikt over prosjektet sine kjerneområde. Fylkesmannen får derfor ein sentral plass i arbeidet.
Fylkesmannen skal arbeide for å føre vidare arbeidet knytt til Geovekst og rovviltforvaltning.
Departementet arbeider med å utvikle nye jordvernstrategiar, jf. kat. 15.30 og som et element i dette vil det bli arrangert ein nasjonal jordvernkonferanse i 2004.
Kap. 1145 Jordskifterettane (jf. kap. 4145)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 145 056 | 142 967 | 143 583 |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan overførast | 2 000 | ||
Sum kap 1145 | 145 056 | 142 967 | 145 583 |
Mål og strategiar
Jordskifterettane er særdomstolar som arbeider med oppgåver som er heimla i jordskiftelova. Særdomstolen er uavhengig i den dømmande verksemda. Administrativt ligg han til Landbruksdepartementet.
Formålet med jordskifte er å gjere eigedomar betre skikka for utnytting. Ei jordskiftesak kan m.a. gå ut på å løyse opp sameige, forme ut eigedomar på nytt gjennom å byte grunn og rettar, gi reglar om bruken i område på tvers av eigedomsgrensene og klarleggje og fastsetje eigedomsforhold og grenser. Jordskiftelova slår fast at ingen part i ei jordskiftesak kan påførast tap.
Gjennomføringa av jordskifte, skjønn og grensegang er organisert i domstolsform for å ivareta rettstryggleiken til partane.
Til forskjell frå dei ordinære domstolane, syter jordskifterettane for avmerking, innmåling og kartfesting av eigedomsgrenser som ein integrert del av jordskiftesakene. Eigedomsdata målt av jordskifterettane blir rapportert til sentrale kartdatabasar. På denne måten sikrar jordskifterettane effektiv utnytting av dei ressursane samfunnet set inn.
Hovudmåla for Jordskifterettane er å:
sikre god oppgåveløysing
sikre rettstryggleiken til partane
yte god service til brukarane
ha ei god leiing og ein effektiv administrasjon
Eit heilt sentralt delmål er å arbeide mot at vente- og saksbehandlingstida skal reduserast til eit akseptabelt nivå. Gjennomsnittleg saksavviklingstid for sivile saker ved tingrettane er 6,5 månader. Ved jordskifterettane er no saksavviklingstida 34 månader. Ein må akseptere noko lenger saksbehandlingstid ved jordskifterettane enn ved tingrettane. Grunnane til dette er m.a. at ein er avhengig av synfaring på barmark og sakene medfører ein god del teknisk arbeid. Det er likevel eit viktig mål å korte ned ventetida ved jordskifterettane. På grunn av den stramme budsjettsituasjonen vil saksavviklingstida mest sannsynleg auke til 36-37 månader i 2004. På lengre sikt vil det vere eit mål å redusere ventetida ned mot det same som ved dei ordinære domstolane.
Resultatrapport 2002
Etter loven skal det skapast økonomisk nytte i alle jordskiftesaker.
Statistikken viser at det i 2002 blei avslutta totalt 950 saker (2001: 987), fordelt med 898 saker ved jordskifterettane og 52 saker ved jordskifteoverrettane. 1 003 (777) tvistar blei behandla og avgjort enten gjennom dom eller rettsforlik. 8 173 (8 389) partar fikk løyst problem knytt til eigedomane deira i sakene som blei avslutta. I dei avslutta sakene blei det behandla 254 (192) km skogsvegar og det blei merka og koordinatfesta 1 916 (1 497) km grenser. Desse resultatmåla viser at dei sakene som blei avslutta i 2002 gjennomgåande var meir omfattande enn dei sakene som blei avslutta i 2001. Ein må likevel konstatere ein viss produktivitetssvikt, noko som blei førespegla i St.prp. nr. 1 (2001-2002), som følgje av den omorganiseringa ein er midt inne i. Gjennomsnittsalderen på avslutta saker auka med 2 månader frå 2001 til 2002 til 34 månader. Gjennomsnittleg ventetid før sakene kom opp til behandling var 16 (16) månader og gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 18 (14) månader. Sakstilgangen auka i 2002. Det blei kravd 845 (790) nye saker. Etter at det har vore ein viss nedgang i sakstilgangen dei siste fire åra, ser han nå ut til å auke igjen. Auken kjem innafor saker som gjeld rettsfastsetting og omarrondering.
Dei siste åra har ein satsa ekstra på investering i GPS-utstyr og IKT for å effektivisere mark- og kontorarbeidet i jordskifterettane. Gjennom resultatrapportane er det registrert ein auke i talet på km målte grenser med 9 pst. frå 2001 til 2002. Ein reknar med at mykje av denne auken kan forklarast av innføringa av GPS. I 2002 blei det innført ein ny resultatindikator (talet på målte punkt) for lettare å identifisere resultat av GPS-satsinga.
Budsjettframlegg 2004
Det er eit viktig mål å få redusert ventetid og saksbehandlingstid ved jordskifterettane for å ivareta rettstryggleiken til partane på ein betre måte. Jordskifterettane blir omorganiserte og moderniserte og gjennom denne prosessen legg ein stor vekt på at tidsbruken skal gå ned slik at jordskifterettane kan stå fram som ein aktuell særdomstol for grunneigarane og samfunnet.
Jordskifteretten må treffe avgjerd i alle saker som fell under lova.
Rett fordeling av tilgjengelege ressursar er avgjerande for at ikkje restansane skal auke ved dei einskilde jordskifterettane, og at tilbodet til publikum skal bli det same over heile landet. Departementet vurderer kontinuerleg ressursfordelinga med bakgrunn i dette.
I 2002 starta ei omorganisering av jordskifterettane. Omorganiseringa krev 1,5 mill. kroner i ekstra midlar i 2004 til å dekkje overgangsordningar etter at sju jordskifterettar er lagt ned og ein jordskifteoverrett er flytta.
I sum reknar ein med at omorganiseringa og bruk av ny teknologi vil gi ei effektivisering på opp mot 10 pst. Noko av dette vil ein venteleg nå i form av auka saksavvikling i 2004, men full effekt får ein først når omorganiseringa er gjennomført. Omstillinga vil gjere det mogleg å få meir kostnadseffektivt arbeid internt på kontora.
Eit regjeringsoppnemnt utval (Løken-utvalet) har greidd ut om jordskiftearbeidet i framtida framleis skal gjerast i ein særdomstol, eller gå over til å bli forvaltning. Utvalet la fram innstillinga si i 2002 (NOU 2002: 9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner).
NOU 2002:9 har vore sendt på brei høyring. Høyringa viste at eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane støtta framlegga. I Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) fremma regjeringa forslag i samsvar med dette. Ein går m.a. inn for at jordskifteretten skal vere organisert som ein særdomstol òg i framtida, og at administrasjonen av jordskifterettane skal flyttast frå Landbruksdepartementet til Domstolsadministrasjonen. I Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) gjekk departementet inn for at dette skulle skje 01.01.2005. På grunn av den stramme budsjettsituasjonen er det ikkje sett av ekstra midlar til dette i budsjettet for 2004. Omorganiseringa må derfor utsetjast til 01.01.2006. Den utsette flyttinga gjer det nødvendig å auke Landbruksdepartementet sitt budsjett, jf. kap. 1100, med 0,5 mill. kroner for å halde på kompetansen.
Samspelet mellom jordskifterettane og NIJOS må sjåast i samanheng med forslaget om å flytte administrasjonen av jordskifterettane til Domstolsadministrasjonen i Trondheim.
Regionfelt Østlandet er kravd inn for jordskifteretten som jordskiftesak. Dette er den største saka i utstrekning jordskifterettane nokon gong har hatt til behandling. Det er òg kravd fleire andre uvanleg omfattande jordskiftesaker dei siste åra. Det krevst store ressursar for å kunne behandle saker av slikt omfang. På grunn av den stramme budsjettsituasjonen må ein rekna med at saksavviklinga blir forsinka.
Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet gav i 2001 ut rapporten Virkemidler for bedre arealutnyttelse i byer og tettsteder. Rapporten peikar på urbant jordskifte som eit eigna verkemiddel i by- og tettstadsutviklinga. Etter høyringa kontakta planlovutvalet Landbruksdepartementet med sikte på å få endra jordskiftelova slik at jordskifteverkemidla blir tilgjengelege også i byar og tettstader. Departementet har sett ned eit utval som la fram innstillinga si i juni 2003 om lovendringar på dette grunnlaget. Dette er nå på høyring. Regjeringa tar sikte på å fremme lovforslag på området samstundes som ho fremmar forslag om ny planlov.
Satsinga på investering i GPS-utstyr og IKT for å effektivisere mark- og kontorarbeidet i jordskifterettane blir vidareført i 2004.
Det tekniske samarbeidet med fylkesmennene om geodata (GIS) vil også halde fram i 2004. GIS blir brukt til å framstille jordskifte- og temakart, og for å gjere nødvendige berekningar, utarbeide skifteplanar m.m. Det er gjennomført tilpassing av GIS-programvare for produksjon av jordskiftekart. For å effektivisere det tekniske arbeidet meir, vil det bli starta eit prosjekt for optimalisering av produksjonslinja. Dette vil i hovudsak bli gjort gjennom programvaretilpassingar for betre integrasjon av GPS og GIS.
Frå 01.01.2004 blir den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta avvikla. Enkelte verksemder vil få reduserte utgifter ved innføring av nullsats for statlege verksemder i Finnmark og Nord-Troms. Posten er i samband med dette nedjustert med 0,214 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten er ny. Jordskifterettane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Dette er t.d. godtgjersle til meddommarar, målearbeid, grensemerke og eigeninnsats ved førebuing til rettsforhandlingar. Desse utgiftene som er førte i eigne saksrekneskap, har auka monaleg dei seinare åra m.a. pga. sterk auke i satsane for godtgjersle til meddommarane. Sideutgiftene har hittil ikkje vore postert i jordskifterettane sitt budsjett. Departementet gjer framlegg om at både utgiftssida (ny post 21) og inntektssida (ny post 02) i budsjettet blir auka med 2 mill. kroner, slik at utgiftene og inntektene blir rekneskapsført i løyvingsrekneskapen. Løyvingsbehovet er noko usikkert og departementet foreslår at det blir knytt meirinntektsfullmakt til ordninga.
Kap. 4145 Jordskifterettane (jf. kap. 1145)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Saks- og gebyrinntekter | 8 022 | 13 182 | 12 657 |
02 | Sideutgifter | 2 000 | ||
15 | Refusjon, arbeidsmarknadstiltak | 126 | ||
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 287 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 1 100 | ||
Sum kap 4145 | 9 535 | 13 182 | 14 657 |
Post 01 Saks- og gebyrinntekter
Posten omfattar inntekter ved at partane i sakene betaler gebyr. Det er ikkje lagt opp til endringar i gebyrreglane i høve til 2003. Inntektene har vore overbudsjetterte dei seinaste åra. Departementet gjer derfor framlegg om at løyvinga på posten blir redusert med 1 mill. kroner i 2004.
Post 02 Sideutgifter
Posten er ny og samsvarer med tilsvarande auka utgifter over kap. 1145 post 21.
Kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 77 516 | 65 634 | 62 793 |
Sum kap 1146 | 77 516 | 65 634 | 62 793 |
Mål og strategiar
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) er landbruksforvaltninga sitt kompetansesenter for geografisk informasjon og produserar grunnleggande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø. Målet er at instituttet skal vere ein leiande nasjonal leverandør av data om jord, skog, vegetasjon og landskap og bidra til å dekkje behova for slik informasjon både i landbruket og i samfunnet elles. Dette er kjerneverksemda til NIJOS og nye oppgåver skal byggje på dette. NIJOS yter òg kompetansetenester innan jordskifte, skogbruksplanlegging og geodata.
Informasjonen frå NIJOS må vere av ein slik kvalitet at den kan nyttast i samband med:
utforming, gjennomføring og etterprøving av mat- og landbrukspolitikken
verdiskaping og berekraftig utnytting av natur- og landskapsressursane
ein meir målretta samfunnsplanlegging, desentralisering og modernisering av offentleg forvaltning
utvikling og rapportering knytt til internasjonale prosessar og avtaler
NIJOS har òg kompetanse som i aukande grad nyttast i internasjonal bistand på landbruks- og miljøområdet.
Måla for 2004 er å:
føre vidare, utvikle og effektivisere dei langsiktige nasjonale program innan overvaking og kartlegging ved å ta i bruk ny teknologi og høg kompetanse og ved godt samarbeid med andre aktørar
styrkje dialogen med brukarane av informasjonen slik at instituttet i størst mogleg grad kan levere brukartilpassa produkt og tenester og fange opp nye behov
gje styresmaktene, allmenta og føretaka i landbruket god tilgang til instituttets data ved god informasjon om produkta og ved å nytte Internett til distribusjon av data
støtte dei regionale og sentrale landbruksstyresmakter med kompetanse og rådgjeving innafor instituttets kjerneverksemd
Ved internettdistribusjon utgjer informasjon frå NIJOS ein del av innhaldet i den elektroniske infrastrukturen e-Noreg. Data frå NIJOS inngår òg i den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon Norge digitalt, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003). Dette gir kommunane enkel tilgang til data og er ein del av moderniseringa av forvaltninga. NIJOS skal utvikle samarbeidet med partane i "Geovekst", medverke i etablering av eit nasjonalt program for flyfoto Norge i bilder og i eit samarbeid om felles forvaltning av ortofoto og satellittdata. I samanheng med dette skal NIJOS ivareta interessene til heile landbruksforvaltninga.
Resultatrapport 2002
Landsskogstaksering og skogovervaking
Landsskogtakseringa og arbeidet med fylkesvise takstar er ført vidare med registrering på 1/5 av dei landsdekkjande prøveflatene. Registreringar innafor overvakingsprogrammet for skogskader er gjort i tråd med internasjonale avtaler. Programmet blei finansiert over kap. 1142.
Overvaking av kulturlandskap
Programmet Overvaking av jordbruket sitt kulturlandskap er ført vidare etter planen. Overvakinga viser utviklinga i kulturlandskapet for indikatorar innan arealstruktur, biologisk mangfald, kulturminne og ferdselsmoglegheiter. Programmet er finansiert frå kap. 1150 og frå Miljøverndepartementet.
Digitale markslagskart (DMK)
I 2002 blei det produsert DMK for om lag 14 000 km2. Det blei lagt auka vekt på ajourhald av karta, og aktiviteten her var dobbelt så høg som budsjettert. Ved ajourhald nyttast digitale flyfoto, noko som gir høg nøyaktigheit. DMK ligg føre for 276 kommunar og dekkjer 130 000 km2. Både landbruksforvaltninga og føretaka i landbruket får rett til å bruke alle dei digitale karta. NIJOS lagar arealressurskart i ein meir oversiktleg målestokk på basis av DMK og har ferdigstilt slike kart for 13 500 km2 i 2002. Desse blir nytta i kommune- og fylkesplanlegging. Utvikling av desse karta har hatt noko brukarfinansiering. DMK er òg finansiert over kap. 1150, LUF og kap. 1140.
Jordsmonnkartlegging
NIJOS har gjennomført jordsmonnkartlegging av 133 km2 i 2002. Det er om lag 13 pst. mindre enn målet for 2002, men karta dekkjer nå 4 400 km2. Det er laga temakart om mellom anna erosjonsrisiko og miljøtiltak på basis av jordsmonndata. Kartlegginga er og finansiert med noko middel frå kap. 1150.
Vegetasjon
I 2002 har NIJOS utarbeidd vegetasjonskart for 510 km2 og på basis av dette er det etablert et informasjonssystem om beitebruk (IBU) for alle fylka. NIJOS si brukarundersøking syner at vegetasjonskart blir oppfatta som svært nyttige av næringsutøvarane og kommunane.
Kompetansetenester
NIJOS har ytt ei rekkje kompetansetenester til regionale landbruksstyresmakter, fylkeskommunar og jordskifterettane. NIJOS har og støtta Landbruksdepartementet med skogfagleg kompetanse. NIJOS har og oppgåver knytt til miljøregistrering i skog, som ledd i skogbruksplanlegginga. NIJOS har lagt grunnlag for å få utvikla ein internettversjon av et eige GIS program for landbruket "LGIS" og rettleia fylkesmenn og kommunar om dette.
Anna
NIJOS har opna fleire nye internettsider med informasjon om skog, DMK, økonomisk kart og IBU. NIJOS har arbeidd vidare med eit kart som kombinerer jordsmonn-, klima- og plantedata til bruk i jordvern og ved rådgjeving om planteval og forbetring av dyrkingssystema. NIJOS tek del i eit nasjonalt prosjekt for å etablere eit nytt klassifikasjonssystem for arealdekke etter ein standard frå EU.
Budsjettframlegg 2004
Departementet gjer framlegg om ein budsjettreduksjon på 3 mill. kroner i 2004. Dette gjer at arbeidet med kompetansestøtte blir redusert, at kartlegging av vegetasjon og jordsmonn og klassifisering av landskap får noko lågare framdrift, og at overvakingsprogramma må driftas meir effektivt. Det blir òg reduksjon i faste program og oppdrag over andre kapittel på om lag 3 mill. kroner, mellom anna overvaking av skogskader og kulturlandskap.
Til grunn for NIJOS sitt arbeid med å samle informasjon, ligg fastsetting av standardar og utvikling av metodar for kartlegging og overvaking av naturressursane. NIJOS utførar òg mykje kartlegging, overvaking og rapportering og forvaltar informasjonen i databasar. NIJOS er òg gitt myndigheit til å fastsette indikatorar eller utvikle metodar og gir bidrag i fastsetting av regelverk. NIJOS skal utvikle rollen som nasjonalt fagorgan innan kjerneverksemda, sikre eit godt grunnlag for metodar og standardar som nyttes og ta del i det nasjonale geodatasamarbeide. NIJOS må ivareta sin faglege integritet ved utvikling av nye oppgåver og når ein tek oppdrag i marknaden.
I 2004 vil NIJOS ha særleg fokus på:
Informasjon om Noregs skogressursar
Gjennom Landsskogtakseringen registrerer NIJOS mykje informasjon om Noregs skogressursar. Registreringane er ledd i lange tidsseriar og gir nyttig informasjon om skogen sin utvikling.
Informasjon om Noregs landskapsressursar
Kompetanse og informasjon om landskap er eit viktig grunnlag for utforming av politikk og verkemiddel og gjennomføring av tiltak. I 2004 skal NIJOS føre vidare overvaking av jordbrukets kulturlandskap, arbeide med indikatorar og parametrar om overvaking av landskap og støtte statlege landbruksstyresmakter i sitt sektoransvar for kulturminne.
Digitale Markslagskart (DMK)
I 2004 skal NIJOS føre vidare etablering og ajourføring av DMK med om lag 20 000 km2. Målet er at innan 2006 skal DMK vere etablert for heile jordbruksarealet og kunne nyttast til å fastsette storleiken på dei areala som får tilskot. I kommunar som har fått DMK i 2003 kan ein alt no nytte dette i forvaltning av arealtilskot.
Informasjon om Noregs jordressursar
NIJOS skal føre vidare kartlegging av jordsmonn på dyrka mark med om lag 140 km2 og levere jordsmonninformasjon til bruk i nærings-utvikling, landbruksforvaltning og arealplanlegging.
Landbruk digitalt
St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt omtaler organisering av geodatasamarbeidet i Noreg. NIJOS har ansvar for landbruket sitt bidrag til etablering og drift av samfunnets felles infrastruktur av geografisk informasjon og har hovudansvaret for å leggje til rette for, koordinere og gi rettleiing i bruk av geodata og LGIS innan landbruksforvaltninga. Utvikling av internettverktøy skal førast vidare.
Informasjon om Noregs vegetasjons- og utmarksressursar
NIJOS skal føre vidare arbeidet med å kartleggje produksjonsevna og vegetasjon i utmarka. Oppgåvene her er delvis finansiert med bidrag frå brukarane.
Andre kompetansetenester m.m.
Informasjon frå NIJOS kan nyttast i arbeid med regionale miljøplanar, kommunale arealplanar, kartlegging av biologisk mangfald, landbruksplan og andre planprosessar. NIJOS skal synleggjere moglegheiter for auka bruk av geografisk informasjon for regionale og sentrale landbruksstyresmakter
NIJOS skal bistå Landbruksdepartementet med å forbetre regelverk, utvikle metodar og forvalte innsamla data innan skogbruksplanlegging, yte tenester til Jordskifteretten og kompetansestøtte til fylkesmannsembeta og andre deler av landbruksforvaltninga.
Kap. 4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
02 | Driftsinntekter | 32 107 | 17 402 | 18 028 |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 1 100 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 548 | ||
Sum kap 4146 | 33 755 | 17 402 | 18 028 |
Det er under kap. 4146 budsjettert med inntekter frå NIJOS si oppdragsverksemd.
Nokre av NIJOS sine produkt blir delfinansiert frå brukarane, til dømes vegetasjonskartlegging. Når NIJOS tek oppdrag skal ein sjå til at tilhøva kring dette er opne, og at vilkåra for konkurranse er så like som mogleg dei som gjeld for andre aktørar.
Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Driftsutgifter | 33 626 | 35 940 | 35 741 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 438 | 3 113 | 3 175 |
70 | Tilskott til fjellstover | 521 | 636 | 659 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast | 2 050 | 2 145 | 13 222 |
Sum kap 1147 | 39 635 | 41 834 | 52 797 |
Mål og strategiar
Innleiing
Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og Områdestyra og har ein rådgjevande funksjon i høve til næringa.
Overordna mål
Reindriftspolitikken byggjer på to sjølvstendige verdigrunnlag - ein næringspolitisk produksjonsverdi og ein samepolitisk kulturverdi. Dei reindriftspolitiske måla er samanfatta i omgrepet Ei berekraftig reindrift. Med dette meiner ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i innbyrdes samanheng. Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gir økologisk og økonomisk berekraft grunnlag for å utvikle kulturell berekraft.
Departementet har trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og sine rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal, særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få bevisstgjort planleggjarane sitt ansvar på alle nivå i forhold til den plikt desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av verkemidla sine innhald.
Samhandling - informasjon
Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og i særleg grad i forhold til miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og føremålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.
Resultatrapport 2002
Ressursforvaltning
I januar 2002 fastsette Reindriftsstyret høgste talet på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde til 63 700 rein, seinare korrigert til 64 300. For å følgje opp vedtaket blei det avsett midlar til å opprette eit prosjektkontor som i løpet av ein treårsperiode skal førestå arbeidet med tilpassinga av talet på rein. I løpet av 2002 blei kontoret bemanna med 3 stillingar, og kontoret har i samarbeid med dei reineigarane det gjeld arbeidd med å utvikle løysingar som gjer tilpassinga av rein for kvart enkelt reinbeitedistrikt så smidig som mogleg. Prosessen med å tilpasse talet på rein til beitegrunnlaget blei sett i gang i 2002 òg for Aust-Finnmark reinbeiteområde. Arbeidet med desse prosessane har vore krevjande både ressursmessig og i tid.
På bakgrunn av svært gunstige klimatiske tilhøve beitesesongen 2001/2002 og 2002/2003 har talet på rein i Finnmark auka vesentleg. Gunstige klimatiske forhold med blant anna små mengder snø, har gjort tilgangen til beita større. Lavbeite som tidlegare har vore vanskeleg tilgjengelege, har blitt utnytta, og dette har resultert i dyr med god kondisjon, høgare kalvingsprosent og høgare overleving. Auken i talet på rein vil gjere det vanskelegare med tilpassinga av talet på rein og vil på lang sikt vere uheldig for næringa si økologiske berekraft. Dei gode driftsåra i Finnmark har samstundes medført at den økonomiske berekrafta har blitt betre enn på fleire år ved at kjøttinntektene har auka grunna større slakteuttak.
Rovdyrtapa i reindrifta er trass ein nedgang frå 2000/01 til 2001/02, uakseptabelt høge i enkelte område. Erstatningsutbetalingane gjekk ned frå 35,5 mill. kroner i 2001 til om lag 23 mill. kroner i 2002, ein nedgang på om lag 35 pst. Samstundes fekk reindriftsutøvarane i gjennomsnitt erstatta om lag 30 pst. av dei oppgitte rovdyrtapa, noko som er ein nedgang på 4 pst. frå 2000/01. Den største delen av reduksjonen av rovdyrtapa har skjedd i Finnmark, noko som i vesentleg grad kan relaterast til betre kondisjon på reinen.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Utfordringa er at talet på enkeltsaker er aukande.
Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken har ein gitt innspel og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å fremme reindrifta sine interesser. Vidare har reindriftsforvaltninga gjennom sekretariatfunksjonen for Reindrifta sitt uviklingsfond (RUF) freista å prioritere forskingssøknader som tar sikte på å dokumentere reindrifta sine arealbruksinteresser og å utvikle metodar for å påvise konsekvensane av inngrep i reindriftsområda.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Frå RUF er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytte til reindrift. I forhold til Verdiskapingsprogrammet for rein har reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, SND og reindriftsforvaltninga i gjennomføringa av programmet. Arbeidet for å styrkje kvinne- og familieretta tiltak kom i gong i 1999. Føremålet var å fokusere spesielt på kvinners og familiens stilling i reindriftsnæringa og kvinna sin verdi for samisk kultur. I arbeidet med å utarbeide ein fornya og meir målretta likestillingspolitikk i reindriftsnæringa er det sentralt kva politikkutforming dagens reindriftskvinner ønskjer og etterspør. For å få ein betre oversikt over desse forhold blei det i desember 2002 halde eit seminar for og med dagens reindriftskvinner.
Tilskottsforvaltning
Forskrifter blir utarbeidd både på norsk og samisk. Beiting utanfor eige beiteområde eller til feil tid, er ofte konfliktskapande i reindrifta. Forvaltninga har ein del av si verksemd knytt til slike problemstillingar. I den samanheng er det viktig å ha klare rettighetsforhold. Utgreiinga frå Reinbeiterettsutvalet vedrørande den mellombels fastsetjinga av distriktsgrenser på vinterbeitene i Vest-Finnmark reinbeiteområde blei ferdigstilt i juni 2002. Arbeidet med å få fastsett framtidige distriktsgrenser blei då sett i gang, og ein ventar at endeleg vedtak blir fatta av Reindriftstyret i løpet av 2003.
Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av SND i Troms. Forvaltninga har sett i verk ulike tiltak for å hindre konfliktar og skape respekt og dialog over interessegrensene.
Samordning - informasjon
Gjennom kontaktmøte på fylkesplan har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanleggjing og rovdyrforvaltning. Gjennom den etablerte stillingen som fag- og forskingsformidlar, blir det drive eit utstrekt informasjonsarbeid både mot reindriftsutøvarane, men òg ei tett samhandling mellom dei ulike forskingsmiljøa. Reindriftsnytt har i 2002 vore gjennom ei utvikling med tanke på å finne ei form som er betre tilpassa dei sentrale målgruppene. For 2002 blei det utgitt fire nummer.
Rettleiing og internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga har i 2002 utarbeidd ein kompetanseplan for forvaltninga. Arbeidet er gjort på grunnlag av ei kartlegging føreteken ved lokalkontora. Programmet for kompetanseoppbygging i samisk språk blir følgd opp. For å sikre ei mest mogleg lik behandling av utøvarane og betre tilgang på opplysningar og saker som er behandla eller er under behandling, har forvaltninga i 2002 starta arbeidet med innføring av eit einsarta journal- og arkivsystem.
Budsjettframlegg 2004
Budsjettframlegget nedanfor er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
For å tilpasse talet på rein til beiteressursen og ved det styrkje berekrafta i reindrifta i Finnmark, skal reindriftsforvaltninga prioritere arbeidet med å få fastsett øvre tal på rein for distrikta i Aust-Finnmark reinbeiteområde, samt følgje opp Reindriftsstyrets vedtak om det øvre talet på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. I den samanheng blir det vist til at det etablerte prosjektkontoret skal arbeide vidare med å få etablert avtaler med reindriftsutøvarane om ein reduksjon av talet på rein i Vest-Finnmark reinbeiteområde.
I samanheng med arbeidet for å tilpasse talet på rein i Vest-Finnmark reinbeiteområde skal Reindriftsforvaltninga koordinere og leggje til rette for ei etablering av eit Reindriftens ressurssenter. Det er sett av 2 mill. kroner til etablering og drift av Reindriftens ressurssenter i 2004, jf. omtale under post 01 Driftsutgifter. Reindriftens ressurssenter vil vere eit viktig bidrag for å leggje til rette for arbeidsplassar som fører til auka verdiskaping, i og i tilknyting til reindrifta. Senteret som vil bli etablert som ei eigen eining, skal utnytte og tilby den kompetanse som i dag finst hos reindriftsutøvarane til ulike typar tenester. I første rekkje gjeld dette feltoppgåver for ulike oppsyns- og kontrollinstansar.
Vidare skal forvaltninga arbeide for å få fastsett dei endelege distriktsinndelingane/siidainndelingane for reinbeiteområda i Finnmark.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram å etablere nettverk og alliansar til andre offentlege organ og gjere desse kjent med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innafor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Reindriftsforvaltninga skal aktivt ivareta reindrifta sine interesser i høve til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse i forhold til det gjeldande regelverket, både hos eigne tilsette og hos reindriftsutøvarane.
Reindriftsforvaltninga skal arbeide for at dei digitale arealbrukskarta skal kunne gjerast tilgjengelege på Internett.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. I samband med næringa sine organ og andre aktørar skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein føremålsteneleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med SND arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sette i ein samanheng slik at effekten av dei to ordningane blir størst mogleg. Vidare skal forvaltninga arbeide for å leggje til rette for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, SND og eiga forvaltning i gjennomføringa av verdiskapingsprogrammet.
Arbeidet for å styrkje kvinne- og familieretta tiltak kom i gang i 1999. Ut frå den gjeldande politikken skal forvaltninga framleis arbeide aktivt med kvinne- og familieretta tiltak. Det er sentralt at dette arbeidet integrerast i forvaltninga sin organisasjon og andre område som forvaltninga arbeider med.
Tilskottsforvaltning
I 2004 skal Reindriftsforvaltninga syte for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbeteningsløysingar i forvaltning, systemutvikling og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram å telje rein i dei ulike reinbeiteområda. Reinbeiteområda i Finnmark skal prioriterast. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane si eige rapportering skal det setjast inn tiltak.
Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i høve til andre næringsinteresser. Ein må t.d. sørgje for at konfliktane blir reduserte mest mogleg gjennom vilkår og rettleiing i dei tilfella der gjerdebygging og bruk av motoriserte hjelpemiddel er nødvendig.
Samhandling - rettleiing og informasjon
Reindriftsforvaltninga skal drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tar vare på.
Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Nettverk og alliansar til andre offentlege organ skal gjerast kjent og auke aksepten for reindrifta sitt nærvær. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar og Reindriftsforvaltninga for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling.
Reindriftsforvaltninga skal medverke til at resten av reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar.
Det er viktig å sikre gode koplingar mellom forskingsmidlane og midlar til utviklingstiltak over reindriftsavtalen, jf. kap. 1137 post 50 og kap. 1151 post 51.
I samsvar med Strategisk plan for forsking og formidling i reindrifta for perioden 2002-2005 skal forskingsinnsatsen rettast mot følgjande fem område:
Arealinngrep og ytre verknad
Beite og produksjon
Verdiskaping
Styring og organisering
Likestilling
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte, og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester.
Reindriftsforvaltninga skal vidareføre innsatsen mot utvikling av personal- og lønspolitikk, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, einsarta forvaltning, interne driftsoppgåver samt IKT. Forvaltninga skal prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk.
Post 01 Driftsutgifter
Reindriftsforvaltninga er tildelt ansvaret for koordinering og for å leggje til rette for ein etablering av eit Reindriftens ressurssenter. Etableringa av et slikt senter vil ha stor verknad både for å få til den nødvendige tilpassinga av talet på rein og for å skape alternative arbeids- og inntektsmoglegheiter for reindriftsutøvarane. Senteret vil bli etablert som ei eigen eining. Formålet med senteret er at dette både skal organisere prosessane med utveljing av enkeltpersonar, dokumentasjon av deira realkompetanse og utvikling av tilleggskompetanse, samt tilbod og sal av tenester til ulike offentlege oppsyns- og kontrollinstansar. Det er sett av 2 mill. kroner til etablering og drift av Reindriftens ressurssenter i 2004.
Frå 01.01.2004 blir den geografisk differensierte arbeidsgivaravgifta avvikla. Enkelte verksemder vil få reduserte utgifter ved innføring av nullsats for statlige verksemder i Finnmark og Nord-Troms. Posten er i samband med dette nedjustert med 1,67 mill. kroner.
Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa vil bli ført vidare.
Landbruksdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. forslag til vedtak III.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald
Ein gjer framlegg om ei løyving på 3,175 mill. kroner til vedlikehald av konvensjonsgjerda.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Formålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Ein foreslår ei løyving på 659 000 kroner i 2004.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Posten er auka med om lag 11 mill. kroner i høve til 2003. Bakgrunnen for denne auken ligg i at Reindriftsstyret har fastsett eit øvre tal på rein for sommardistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Vedtaket inneber at det må leggjast til rette for at fleire reindriftsutøvarar skal kunne gå ut av næringa medan andre må redusere talet på rein. For å få ei tilstrekkeleg mengd reindriftsutøvarar med på ei frivillig avvikling og ein reduksjon av talet på rein til det fastsette, blir dei eksisterande verkemidla supplert over reindriftsavtalen ved at det blir etablert ei bonusordning for slakting av rein. I løpet av hausten 2003 inngår Reindriftsforvaltninga på bakgrunn av fullmakt gitt av Stortinget ved behandlinga av St.prp. nr. 65 (2002-2003), avtaler med reineigarane om avvikling eller reduksjon av talet på rein. Dette arbeidet held fram i 2004. Behovet for midlar til ordninga i 2004 er rekna til 11,0 mill. kroner. Dette arbeidet vil halde fram i 2005 slik at tilpassinga av talet på rein skjer over ein toårs periode.
Posten blir dessutan nytta til å dekkje utgiftene til forlenga omstillingslønn. Det har vist seg svært vanskeleg å få omstillarar over 55 år i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgivinga. Føresetnaden for å kome inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla.
For å dekkje behovet for midlar til bonusordning for slakting av rein og omstillingslønn i 2004 gjer ein framlegg om ei løyving på vel 13,2 mill. kroner.
Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
01 | Refusjonar m.m. | 2 399 | 28 | 29 |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 26 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 906 | ||
Sum kap 4147 | 3 331 | 28 | 29 |
Posten omfattar inntekter frå ymse refusjonar.
Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskott til sikringstiltak m.m. , kan overførast | 16 569 | 20 356 | 21 089 |
71 | Naturskade, erstatningar , overslagsløyving | 101 239 | 70 000 | 75 000 |
Sum kap 1148 | 117 808 | 90 356 | 96 089 |
Mål og strategiar
Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. gjennom å gi tilskott til sikringstiltak og ved samhandling med andre aktørar innafor sikringsområdet.
Statens naturskadeordning er organisert med eit styre, ei ankenemnd og eit sekretariat. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka i styret og ankenemnda. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal syte for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.
Departementet vil vurdere nærmare Naturskadefondet sine oppgåver framover m.a. i høve til dei allminnelege forsikringar og forholdet mellom bruk av sikringstiltak og erstatningar, og kome attende til denne saka seinare.
Budsjettframlegg 2004
Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.
Statens naturskadeordning skal medverke til å fremme sikring mot naturskadar gjennom økonomiske tilskott til sikringstiltak og farevurdering. Det skal prioriterast å gi tilskott til kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.
I 2004 gjer ein framlegg om ei løyving på 21 mill. kroner. Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2004 på 2 mill. kroner, jf. tabell 2.11 og forslag til vedtak IV. Dette vil gjere det mogleg å gi nye tilsegn for 23 mill. kroner.
Tabell 2.11 Tilsegnsfullmakt sikringstiltak
(i mill. kr) | |
Ansvar pr. 1.1.2003 | 15,2 |
Tilsegn 2003 | 20,3 |
Sum | 35,5 |
- (løyving 2003+overførte midlar) | 35,5 |
Ansvar pr. 31.12.2003 | 0 |
Nye tilsegn 2004 | 23,0 |
Sum | 23,0 |
Forslag til løyving 2004 | 21,0 |
Tilsegnfullmakt 2004 | 2,0 |
Post 71 Naturskadeerstatningar
Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruksdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.
Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering, m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.
Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursar som nyttast på naturskadeområdet.
Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning, at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 25 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene.
Løyvinga på post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 75 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner, jf. tabell 2.12 og forslag til vedtak IV.
Tabell 2.12 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar.
(i mill. kr) | |
Ansvar pr. 1.1.2003 | 61,6 |
Tilsegn 2003 | 74,4 |
Sum | 136,0 |
-(løyving 2003) | 70,0 |
Ansvar pr. 31.12.2003 | 66,0 |
FoU-tilskott, takseringskostnader mv. | 6,0 |
Nye tilsegn 2004 | 58,0 |
Sum | 130,0 |
Forslag til løyving 2004 | 75,0 |
Tilsegnsfullmakt 2004 | 55,0 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 299 000 | ||
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 066 | ||
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast | 39 000 | ||
Sum kap 1149 | 341 066 |
Kapitlet er nytt. I samband med jordbruksforhandlingane i 2003 blei det bestemt at ein skulle flytte delar av løyvingane til Landbrukets utviklingsfond (LUF) ut av jordbruksavtalen frå budsjettåret 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003), Om jordbruksoppgjøret 2003- endringer i statsbudsjettet for 2003. Landbruksdepartementet skulle i St.prp. nr. 1 (2003-2004) fremme forslag om prioritering av tiltaka innafor ramma som går ut av avtala. Løyvingane som er flytt ut av kap. 1150 post 50 er samla under nytt kap. 1149 post 50 og femner om midlar til ein rekkje nærings- og utviklingstiltak innan jord- og skogpolitikken o.a.
I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 gjer ein derfor framlegg om å flytte løyvingane for 2004 til tilskott til utviklingsfondet for skogbruket, jf. kap. 1142 post 51 og tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, jf. kap. 1142 post 71 til det same nye kap. 1149 for å sikre ein god heilskap i bruken av desse midlane.
Post 50 Tilskott til landbrukets utviklingsfond
For budsjettåret 2004 vil LUF-midlane utanfor jordbruksavtalen ha ei innvilgingsramme på 321,5 mill. kroner. LUF er eit renteberande fond, og det er lagt til grunn at 50 pst. av rentene svarande til 22,5 mill. kroner skal dekkje løyvingane på posten. Ein gjer derfor framlegg om ei løyving til LUF for 2004 på 299 mill. kroner. For nærare detaljar kring LUF blir det vist til St.prp. nr. 70 (2002-2003) og kap. 1150. Flytting av midla til jordbruk, skogbruk og bioenergi ut av jordbruksavtala inneber ingen endring i LUF sitt ansvar på desse tiltaka. Som det går fram av St.prp. nr. 70 (2002-2003) var ansvaret pr. 01.01.03 på skogbruk og bionergi pr 01.01.2003 på 66,3 mill. kroner og innvilgingsramma for 2003 var på 158 mill. kroner. Landbruksdepartementet foreslår følgjande fordeling av innvilgingsramma for den delen av LUF som blir flytta ut av jordbruksavtalen:
Tabell 2.13 Innvilgingsramme for LUF-midlar utanfor jordbruksavtalen.
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Nemning | Innvilgning 2002 | Ramme 2003 | Framlegg 2004 |
Samisk utviklingsfond | 2,0 | 2,0 | 2,0 |
Verdiskapingsprogrammet mat | 103,9 | 95,0 | 95,0 |
Konkurransestrategiar: | 29,5 | 27,5 | 25,5 |
- Produktutvikling | (9,0) | (9,0) | (9,0) |
- Matmerk | (18,0) | (16,0) | (12,5) |
- Offentlege strategiar | (2,5) | (2,5) | (4,0) |
Sentrale BU-midlar | 38,7 | 39,0 | 37,0 |
Bioenergi | 15,0 | 18,0 | |
Skogbruk | 154,7 | 143,0 | 137,0 |
Oppfølging av Landbruk pluss | 7, 0 | ||
Sum utanfor avtalen | 328,8 | 321,5 | 321,5 |
Tabell 2.14 Fordeling av sentrale BU-midlar ut frå dei signal som er gitt i samband med jordbruksoppgjeret.
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | 2003 | 2004 |
Markedsføringssamarbeidet | 10,0 | 10,0 |
Norgessatsing reiseliv | 8,0 | 8,0 |
Utmark | 8,0 | 8,0 |
Pilotfylker, likestilling | 2,0 | 1,5 |
Forskingsprosjekt korn | 1,5 | 1,5 |
Norsk Gardsmat/Norsk bygdeturisme | 1,5 | 1,5 |
Landbruksbygg i arktiske strøk | 1,5 | 1,5 |
Fritt Fram i Oppland | 1,0 | |
Utviklingsprosjekt gjennom SND | 6,3 | 4,0 |
Sum | 39,0 | 37,0 |
Overføring av løyvinga til LUF ga grunnlag for ei auka aktivitet sett i høve til 2003 på 10 mill. kroner til oppfølging av utvida aktivitet innan alternativ næringsutvikling. Ut frå budsjettsituasjonen er løyvinga til LUF sett ned med 10 mill. kroner. Det blir då ei uendra aktivitet i høve til 2003. Dette er gjennomført ved å redusere aktivitet på dei lågast prioriterte områda og ved å redusere midlar til nye prosjekt i 2004.
I det følgjande er dei ulike temaområda under posten presentert kvar for seg med resultatrapport frå 2002 og budsjettframlegg for 2004
Nærings- og miljøpolitiske verkemiddel til kommunane
Forvaltninga av tilskottmidla til spesielle miljøtiltak og områdetiltak og det meste av midla til skogbrukstiltak skal frå 2004 overføras til kommunane, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). Fylkesmannen skal fordele desse midla i ei samla ramme til kommunane. Ramma vil bli fastsett med grunnlag i ein fleirårig tilskottstrategi som kommunane utarbeider. Kommunane skal gjennom denne strategien ha stor grad av fridom i å prioritere mellom dei tiltaka som desse midla er føresett brukt til. Departementet foreslår at det òg kan brukas av desse midla til å støtte mindre nærings- og miljøtiltak som det i dag ikkje kan gis støtte til. Ordningane som det kan gis tilskott til vil bli nærare omtalt i eit eige regelverk som etter høyring vil bli fastsett i haust.
Resultatrapport 2002
Næringsutvikling og verdiskaping
Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane nyttast til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter, hovudsakeleg til kunnskapsutviklingsprosjekt innan næringsutvikling. Eit av dei største prosjekta er marknadsføringssamarbeidet mellom landbruket og Noregs Turistråd som har gått føre seg sidan 1991. Formålet er å byggje opp under den natur- og kulturbaserte reiselivsnæringa og leggje til rette for auka lønnsemd i småskala reiselivsverksemder i bygdene. Marknadsføringssamarbeidet har blitt evaluert, omorganisert og vidareførast no for perioden 2000-2005 i tråd med tilrådinga i evalueringa, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon blei starta opp i 2001 og skal gå over 10 år som eit program for innovasjon og mangfald innan matområdet. Fase 1 i programmet blei avslutta ved utgangen av 2002, og erfaringane frå dei to første åra er oppsummert i ei følgjeevaluering gjort av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Hovudkonklusjonen er at intensjonane i programmet i stor grad er nådd, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Konkurransestrategiar for norsk mat sine delprogram er nå ein del av Verdiskapingsprogrammet for norsk matproduksjon, med unntak av Kvalitetssystemer i landbruket (KSL) og regjeringa si satsing på profilering av norsk mat og matproduksjon. Denne profileringa har omfatta norsk mat på Grüne Woche i Berlin og matkurs i skular og barnehagar i samarbeid med Norske Kokkemestres Landsforening.
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Aktiviteten i skogbruket har gått ned sidan tidleg på 1990-talet med redusert avverking og lågare innsats på dei langsiktige investeringane. Mindre hogst og reduksjonar i tilskottsrammene dei siste åra har ført til sterk nedgang i investeringane i skogkultur. I 2003 blei tilskottsordninga til desse investeringane fjerna. Det blei til saman investert 223 mill. kroner i skogkultur i 2002, noko som er ein reduksjon på 6 pst. frå året før. Totalt blei det planta til eit areal på 163 000 dekar og utført ungskogpleie på 315 000 dekar. Det blei gjennomført stammekvisting på 6 900 dekar. Markbereiing har dei siste åra lege på eit rimeleg høgt nivå og hadde ein god oppgang til 81 000 dekar i 2002.
Aktiviteten knytt til vegbygging i skogbruket held seg i 2002 på same nivå som den har vore dei siste åra. Det blei bygd 189 km med nye skogsbilvegar og 605 km nye traktorvegar. I 2002 blei 500 km med gamle vegar rusta opp til moderne skogsbilvegar, og ombygging utgjer no hovudaktiviteten på skogsvegsida.
Oppslutninga om hovudtiltaka i regi av Skogbrukets kursinstitutt (SKI) har vore tilfredsstillande. Det blei i 2002 gjennomført 482 kurs og andre arrangement med til saman 2 550 deltakarar i kursserien Aktivt skogbruk. Blant kursdeltakarane var 10 pst. kvinner, noko som er ein svak nedgang frå førre år.
Det er òg arrangert korte distriktskurs for skogsarbeidarar og yrkesaktive skogeigarar i kystfylka.
Resultatkontroll
Det blei gjennomførd ei ordinær runde med resultatkontroll i 2002, men desse resultata føreligg ikkje enno. Kontrollen i 2001 syner at knapt 20 pst. av foryngingsarealet ikkje var lagt til rette for forynging 2 år etter avverking. Vidare fann ein at om lag 60 pst. av foryngingsarealet blei forynga med planting eller i kombinasjon med naturleg forynging. Snauhogst er framleis den dominerande hogstforma og blir brukt på nærare 70 pst. av arealet. Denne hogstforma blei vurdert som riktig på 98 pst. av arealet. Gjensetting av kantsoner er vurdert som miljømessig viktig, og resultatkontrollen syner at skogbruket tek slike omsyn. Kjøreskadar kan vere eit alvorleg problem både i høve til friluftslivet og naturmiljøet. Resultatkontrollen syner at skogbruket gjer ein god jobb for å fjerne slike skader.
Den gjennomførde kontrollen av nye skogsvegar synte m.a. at den tekniske standarden var god, og at kontrollen virka til å avdekkje og rette på eventuelle manglar.
I tillegg til kontrollane har NIJOS arbeidd med ein større gjennomgang av heile opplegget. Siktemålet med resultatkontrollen er m.a. å finne betre koplingar mellom offentleg skogovervaking og den private sertifiseringskontrollen. Arbeidet blei forsinka i høve til dei opphavlege planane, men departementet reknar med at ein i løpet av 2003 har eit nytt opplegg klart som kan setjast i verk parallelt med overføring av mynde og oppgåver til kommunane.
Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
Skogbruksplanlegginga, der statstilskottet blir dekt med LUF-midlar, blei gjennomført i tråd med planane for 2002. Samla utbetaling til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar i 2002 var snautt 44 mill. kroner. Det blei taksert om lag 4 mill. dekar, og utarbeidd planar for 3,3 mill. dekar. Dette resulterte i 2 600 nye planar, og om lag 700 skogeigarar deltok på kurs i bruk av skogbruksplanen. Ekstrasatsinga på miljøregistreringar har i tillegg ført til at nyare skogbruksplanar er supplerte med miljøregistreringar. Slik etterregistrering er gjort på 3,3 mill. dekar og er innarbeidd i 3 100 planar. Totalt sett er det såleis registrert miljøverdiar på 6,4 mill. dekar i 2002, noko som er eit større omfang enn venta.
I 2002 blei det òg arbeidd med tiltak for å effektivisere skogbruksplanlegginga. Dette er viktig for å kutte kostnader og tilpasse kvaliteten på arbeidet betre til behova.
Budsjettframlegg 2004
Næringsutvikling og verdiskaping
Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) er ein del av løyvingane til Landbrukets Utviklingsfond som blei flytta ut av jordbruksavtalen. Midlane skal framleis gå til prosjekt av landsomfattande og fylkesovergripande karakter og prosjekt med innovasjon og forskingsinnhald. Marknadsføringssamarbeidet Landbruket/Norges Turistråd og marknadsføring av Noreg som reisemål i eige land vil vidareførast og finansierast over dei sentrale BU-midlane. Det er gjort framlegg om å vidareføre støtta til marknadsføringssamarbeidet med 10 mill. kroner og 8 mill. kroner til prosjektet Norge - vårt nærmarked. Natur, bygdekultur og aktivt drivne gardsbruk har ein sentral plass i denne satsinga, og ein legg til grunn ei brei medverknad frå reiselivsnæringa.
Det vil og bli satt av 1 mill. kroner til forsøksprosjektet Fritt Fram i Oppland. Dette vil vere landbruket sitt bidrag til forsøket med ein friare bruk av verkemidlar til regional utvikling, og må sjåast i samanheng med Fylkesmannen sitt arbeid med næringsutvikling og miljøretta arbeid i landbruket.
Ut over dette er fordelinga av dei sentrale BU-midlane gitt i tabellen over ut frå dei signal som er gitt i samband med jordbruksoppgjeret, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). I tillegg vil ein støtte prosjekt Lierelva.
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon sin fase II er starta opp i 2003 og vidareførast i 2004. Det er oppnemnt nytt styre og det har fått felles leiar og nestleiar med Verdiskapingsprogrammet for trevirke. Strategiar for programma er nærare omtalt i kat. 15.30, Verdiskapingsprogramma. Ein gjer framlegg om ei ramme på 95 mill. kroner til Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i 2004. Innafor løyvinga vil det bli avsett 0,5 mill. kroner til EXPO 2005 i Aichi i Japan. I tillegg gjer ein framlegg om 25,5 mill. kroner til satsingar som var ein del av Konkurransestrategiar for norsk mat. Dette gjeld Senter for produktutvikling i næringsmiddelindustrien (SPIN), Stiftelsen Matmerk sitt arbeid med Godt Norsk og dei lovbeskytta betegningane, samt dei offentlege profileringsstrategiane som omfatta Grüne Woche og matkurs i skular og barnehagar. Tilskottet til Matmerk blir tatt ned med 3,5 mill. kroner, og ein legg til grunn at merkebrukarane aukar sin part av Matmerk sine inntekter. Dei offentlege strategiane aukar med 1,5 mill. kroner for å ivareta ei satsing på lokal mat i Den norske turistforening sine anlegg og i reiselivsnæringa generelt, samt ei sentral koordinering av Inn på tunet som er i satsing på aktivitet innan omsorg og oppvekst basert på landbruket sine ressursar.
Utmark
Det er ei målsetjing at BU-midlane skal nyttast til utvikling av ny næringsverksemd knytt til landbruket. Departementet legg vekt på å utnytte potensialet i utmarka som grunnlag for næringsutvikling på gardsbruka og i distrikta. I første rekkje gjeld dette den opplevingsbaserte reiseverksemda, men òg lokal framstilling og foredling av ulike utmarksprodukt. Dei tiltaka som ligg i forslaget til handlingsplan for næringsutvikling i utmark frå SND, må ein sjå nærare på når BU-midlar skal fordelast sentralt og fylkesvis.
Skogbruk og bioenergi
Løyvingane til skogbruk under LUF blir flytta ut av jordbruksavtalen med ei ramme på 137 mill. kroner. I tillegg kjem satsinga på 18 mill. kroner til bioenergi. Departementet har valt å synleggjere fordelinga på fire hovudtiltak:
1. Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
2. Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistrering
3. Landsdekkande tiltak (kurs og opplæring o.a.)
4. Satsing på bioenergi
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistrering med ei samla løyving på 120 mill. kroner inngår i ramma som kommunane vil få til disposisjon. Forvaltningsmodellen for desse to hovudordningane er nærare omtalt seinare. Fylkesmannen skal med grunnlag i kommunevise tiltaksstrategiar løyve ei årleg samla ramme som i tillegg til tiltaka innan skogbruket òg skal femne om miljøtiltaka i jordbruk.
Tabellen under syner fordeling av midlane til skogbruk og bioenergi på hovudtiltak for 2003 og framlegg for 2004.
Tabell 2.15 Fordeling av midlane til skogbruk og bioenergi for 2003 og 2004.
Hovudtiltak | 2003 | 2004 |
---|---|---|
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket1 | 85,5 | 95,0 |
Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistrering | 40,0 | 25,0 |
Landsdekkande tiltak (kurs og opplæring o.a.) | 17,5 | 17,0 |
Satsing på bioenergi | 15,0 | 18,0 |
Sum | 158,0 | 155,0 |
1 I 2003 var desse midlane fordelt på fleire tilskottsordningar.
1. Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Det er føresett at 95 mill. kroner innafor denne ordninga skal gå inn i ramma som kommunane vil få til disposisjon. Sjå nærare omtale av overføring av verkemiddel til kommunane over. Slik det går fram av teksten nedanfor blir desse midla sentrale i ein heilskapeleg satsing på næringsverksemda i skogbruket og aktiv ivaretaking av verdiane i kulturlandskapet. Midlane som her blir stilt til rådvelde for kommunane kan brukast til tiltak innafor skogkultur, skogsvegbygging, særlege miljøtiltak i skogbruket og andre tiltak. Det nye opplegget gjer at kommunane kan sjå desse midla til skogbruksformål i samanheng med miljømidla over jordbruksavtalen, og dette nye opplegget gir stor fridom til kommunane. Skogmidlane kan frå 2004 nyttast til eit breitt spekter av skogkulturtiltak med unntak av planting. Midlane kan framleis nyttast til bygging og ombygging av skogsvegar. For å ha ein balanse mellom ulike tiltak er det likevel sett ei øvre grense på 50 pst. Av miljøomsyn er det sett visse restriksjonar på bruken av midlane.
Skogkulturtiltak
Frå 2004 tek ein sikte på at det òg kan brukast midlar av denne posten til ungskogpleie og andre tiltak som medverkar til betre kvalitet på skogen. Det kan òg bli gitt tilskott til skjøtsel av skog i kantsona langs vatn, vassdrag og dyrka mark og til skjøtsel av skog i samband med kulturminnar. Vidare kan det gis tilskott til førstegongstynning. Desse tiltaka er og viktige ledd i det samla kulturlandskapsarbeidet.
Det kan ikkje gis tilskott til planting over denne posten. Planting må finansierast av skogeigarane sjølve med bruk av skogavgift og andre private midlar.
Skogsvegbygging
Tilskott til skogsvegbygging kan bli gitt både til nybygging og ombygging av skogsvegar. Utbetalingane til slike tiltak skal avgrensast til maksimalt 50 pst. av dei totale utbetalingane til skogbrukstiltak.
Det er no utarbeidd hovudplanar for utbygging av skogsvegnettet i 156 kommunar, og planarbeidet held fram i ytterlegare 62 kommunar. Dette arbeidet syner at det framleis er store skilnader mellom regionane. I ein del kommunar med små eller ingen skogressursar, og i kommunar der vegnettet reknast å vere utbygd, vil det ikkje bli utarbeidd slike planar. Dei kommunevise hovudplanane vil vere eit viktig grunnlag ved fastsetting av tilskottsramma til kommunane.
Det skal ikkje lenger gis tilskott til bygging av vegar som reduserer dei områda som ligg meir enn 5 km frå eksisterande tekniske inngrep, såkalla "villmarksprega område". Dette er innarbeidd i reglane for tilskott til bygging av skogsvegar frå og med 2002.
Frå og med 2003 kan ein ikkje lenger få skattefordel ved bruk av skogavgift til investeringar i nye skogsvegar.
Særlege miljøtiltak i skogbruket o.a.
Det kan gis tilskott for å dekkje tyngjande meirkostnader og vesentlege reduserte inntekter knytt til det å ta vare på viktige miljøverdiar. Det er ein føresetnad at miljøverdiane er registrert i samsvar med MiS-metodikken, eller tilsvarande metodar med basis i vitskapeleg dokumentasjon av samanhenger i skognaturen. I tillegg skal ordninga utvidast til å dekkje ein del av meirkostnadene ved skogsdrift som følgje av at tilskott til bygging av skogsvegar ikkje lenger skal gis til vegar som vil redusere dei såkalla "villmarksprega områda".
Andre tiltak
Departementet foreslår òg at det vil bli høve til å gi tilskott til investeringar i mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje omfattast av andre ordningar (fylkesvise BU-midlar, verdiskapingsprogram m.fl.), for eksempel til fellestiltak for auka avsetnad av skogsvirke til bioenergi.
Det vil bli gitt høve til å innvilge tilskott til tømmerdrift med hest.
Frå og med 2004 vil det ikkje lenger bli høve til å gi tilskott til tømmerdrift med taubane.
2. Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
Det er sett av 25 mill. kroner til dette tiltaket i 2004, ein reduksjon på 15 mill. kroner i høve til 2003. Den reduserte ramma inneber redusert aktivitet på området og krev at arbeidet med effektivisering og kostnadsreduksjonar må gå vidare. Tilskott til skogbruksplanlegging skal inngå i ramma som Fylkesmannen løyver til kommunane. På grunn av at det meste av slik planlegging blir gjennomført som kommunevise eller områdevise opplegg, vil det gå om lag 15 år mellom kvar gong den einskilde kommune skal gjennomføre slik planlegging. Det er derfor utarbeidd hovudplanar som kommunane har gitt innspel til og som vil bli brukt som grunnlag i Fylkesmannen sin fastsetting av løyvingsramma til kommunane. Det vil og bli løyvd midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging (NIJOS).
Skogbruksplanane gir kunnskap om skogressursane og miljøverdiane på den einskilde eigedom. Planane skal bidra til at skogeigarane skal kunne drive skogen sin på best mogleg vis både når det gjeld verdiskaping, ressursforvaltning og ivaretakelse av miljøoppgåver. Miljøregistreringar som er utvikla i samband med MiS-prosjektet, går no inn som ein viktig del av skogbruksplanlegginga. Effektivisering, kvalitetsheving og auka medverknad frå skogeigarane står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga. Departementet vil framover arbeide aktivt for å redusere kostnadane knytt til slik planlegging.
3. Landsdekkjande tiltak (kurs og opplæring o.a.)
Det er i 2004 føresett brukt 17 mill. kroner til tiltak av landsomfattande karakter. Dette gjeld kurs og kompetanshevingstiltak retta mot skogeigarar, skogsarbeidarar og andre, hovudsakeleg i regi av Skogbrukets kursinstitutt (Aktivt skogbrukskurs). Det er sett av 13,5 mill. kroner til desse tiltaka. I tillegg er det sett av 2 mill. kroner som tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg, og 1,5 mill. kroner som tilskott til drift av lauvvirke til industriformål i nordlege delar av Nordland og Troms.
4. Satsing på bioenergi
Satsinga på bioenergitiltak blei vedteken i jordbruksforhandlingane i 2002 og blei satt i gang primo 2003. SND har resultatansvaret for satsinga. Departementet tek sikte på å vidareføre satsinga på bioenergi innan landbruket. Det leggjast særleg vekt på å utvikle og styrkje forretningsmessige konsept der landbruket ikkje berre er ein råvareleverandør, men og ein aktør lengst mogleg ut i verdikjeda. Dette er ein bevisst næringspolitisk satsing for å skape inntekt og arbeidsplassar knytt til landbruksnæringa. Satsinga vil og underbyggje regjeringa sine energi- og klimapolitiske målsetjingar og ha positive verknader i høve til kulturlandskapet. Vidare vil det vere eit mål at satsinga kan medverke til å utvikle berekraftige og effektive løysingar for uttak av biobrensel frå skogen.
Frå 2004 er Landbruksdepartementets satsing på bioenergi flytta ut av jordbruksavtalen. Departementet ser arbeidet som viktig og gjer framlegg om ei løyving på 18 mill. kroner til bioenergitiltak i 2004.
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,066 mill. kroner for 2004. Dette medfører ein reduksjon på 0,5 mill. kroner i høve til 2003. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.02.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er m.a. retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innafor gruppene forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 39 mill. kroner på denne posten i 2004. 36,5 mill. kroner av ramma er satt av til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet)) og er om lag lik ramma i 2003. Dei resterande 2,5 mill. kroner er føresett brukt som støtte til transport av skogsvirke i Nord-Noreg.
Resultatrapport 2002
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke(Treprogrammet)
Programmet blei skipa i 2000 og er omtald i budsjettproposisjonane etter dette. Programmet er retta inn mot verksemder og andre aktørar i verdikjeda marknad - skog. Totalt har det i programmet i 2002 blitt sett i gang om lag 30 prosjekt. Sentrale aktivitetar har mellom anna vore utviklingsprogram ved høgare lærestadar, etablering av felles treinformasjonsorgan, samt fleire prosjekt knytt til utvikling av trevirket sitt bruksområde, t.d. bruk av massivtreelement, nytt samanføringssystem for reisverk og overflatebehandling av trevirke. Frå og med 2003 vil programmet i større grad konsentrere seg om bedriftsretta og bedriftsnære prosjekt.
SND leiar programmet, og det er utvikla samarbeid mellom Fylkesmannen, Noregs Forskingsråd og SND for å utnytte og styrkje alle sin kompetanse innafor fagfeltet.
Fram til og med 2002 var det ein eigen post til transport av skogsvirke som kunne brukast som direkte støtte til langtransport av virke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg og til anlegg for utskiping av skogsvirke på Vestlandet og i Nord-Noreg. I 2002 blei det aller meste av tilskottet utbetalt som direkte støtte til virkestransporter i Nord-Noreg.
Budsjettframlegg 2004
Treprogrammet
Departementet ønskjer gjennom Treprogrammet å leggje til rette for heilskapeleg utvikling av verdikjeda marknad - skog. Programmet har som mål å auke bruken og foredlingsgraden av trevirke og såleis auke skogsektoren sitt bidrag til meir berekraftig produksjon og forbruk.
Programmet vil arbeide vidare med å utvikle vekstområde for auka bruk av trevirke og profilering av skog og tre. For å realisere utvikling innan moglege vekstområde vil det vere nødvendig å sjå satsinga i samband med forskings- og utviklingsaktivitet innafor næringa. Departementet ser dette arbeidet som viktig og gjer framlegg om å setje av 36,5 mill. kroner til Treprogrammet i 2004.
Transport
Ordninga med tilskott til langtransport av skogsvirke blei i 2003 fjerna som eiga ordning. Etter føringar frå Stortinget i samband med budsjettbehandlinga for 2003 blei transportstøtteordninga for dei nordlege delane av Nordland og Troms ført vidare. Departementet går inn for å halde oppe slik støtte på om lag same nivå òg i 2004.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50 | Fondsavsetningar | 824 960 | 661 500 | 348 500 |
70 | Marknadsregulering , kan overførast | 220 702 | 246 500 | 250 500 |
73 | Pristilskott , overslagsløyving | 2 427 267 | 2 181 066 | 1 944 200 |
74 | Direkte tilskott , kan overførast | 6 825 607 | 6 744 385 | 6 778 685 |
77 | Utviklingstiltak , kan overførast | 479 598 | 321 860 | 228 710 |
78 | Velferdsordningar , kan overførast | 1 911 565 | 1 573 854 | 1 633 354 |
Sum kap 1150 | 12 689 699 | 11 729 165 | 11 183 949 |
Jordbruksavtalen er ein avtale basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innafor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2003-2004 som omfattar målprisane for perioden 01.07.2003-30.06.2004 samt tilskott som blir utebetalt i 2004 blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen i 2004.
Mål og strategiar
Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode viser ein til pkt. 1.3 i innleiinga samt kat. 15.30 og kap. 6 i St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Som ei oppfølging av NILF sin rapport om forenkling av landbrukspolitikken (FOLA) blei det i sluttprotokollen frå jordbruksforhandlingane i 2002 lagt til grunn at Landbruksdepartementet i samråd med organisasjonane skulle søke tydeleggjering av dei økonomiske verkemidla over kap. 1150 i høve til hovudmåla for næringspolitikken i jordbruket. Dette blei gjort i samband med St.prp. nr. 1 (2002-2003).
Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov, har hovudmåla i stor grad karakter av kollektive godar for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000)er skissert i figur 2.1 nedanfor.
Dei kollektive goda er avhengig av at vi har ein jordbruksproduksjon i Noreg. Både klima, topografi og at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskala struktur, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet og mot måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane fell i kategorien horisontale fordi dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samstundes. Det gjeld mellom anna tilskottsordningar som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. I tillegg vil òg verkemiddel som er meir målspesifikke òg kunne påverke andre mål.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til virkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i høve til hovudmåla. Det er heller ikkje mogleg å ha ei spesifikk resultatrapportering på dei einskilde ordningane. Jordbruksavtalen og dei fleste verkemidla verkar saman og skal totalt sett gi rammevilkår for næringa som gir ei god måloppnåing. For den sist oppdaterte resultatrapporteringa visar ein til kap. 3 i St.prp. nr. 70 (2002-2003).
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken slik som dei er vist i pkt. 1.3 i innleiinga, vil det vere verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetting der løyvinga til Landbrukets utviklingsfond (LUF) no er splitta på kap. 1150 og 1149, verkemidla for mattryggleik m.m. dels finansiert gjennom løyvingar over kat. 15.10 i budsjettforslaget, dels ved avgifter. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Vi har òg fleire juridiske verkemiddel som kan virke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer retta mot sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.
Resultatrapport 2002
Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer vil ta tid. Dei fleste produksjonane innafor landbruket krev òg store investeringar i kapital som gjer at store omleggingar ofte skjer i samband med ny eigar eller driftsstruktur. Utviklinga i dei viktigaste resultatmåla for landbruket som har samanhang med verkemidla over jordbruksavtalen, kan derfor i liten grad lesast over eit år, men må sjåast over ei viss tid. Og ein del av dei økonomiske resultata vil kunne påverkast av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre bare gir informasjon med avgrensa verdi. Ein del resultatmål er òg påverka av andre forhold som renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.
For ein detaljert statusrapport pr. 2002 for jordbrukspolitikken viser ein til kap. 3 i St.prp. nr. 70 (2002-2003).
Jordbruksoppgjeret 2003
Jordbruksavtalen 2003-2004 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, jf. Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå Næringskomitéen, Sem-erklæringa og hovudmål for den økonomiske politikken.
Ved jordbruksoppgjeret i 2003 kom staten og jordbruket fram til ei forhandlingsløysing 15.05.2003 og sluttprotokollen blei underskriven 21.05.2003. Styra i jordbruksorganisasjonane meddelte i brev av 22.05.2003 at dei godkjente avtalen.
Avtalen hadde ei ramme på 100 mill. kroner som innebar ein reduksjon i løyvinga over kap. 1150 med 275 mill. kroner, ei disponering av eingongsmidlar på 155 mill. kroner, ei auke i målprisane tilsvarande 200 mill. kroner og ein kostnadsreduksjon for første års nedtrapping av el-avgifta på 20 mill. kroner. Avtalen legg til grunn at ramma gir grunnlag for ein auke i inntektene pr. årsverk på 4 prosent eller om lag 6 000 kroner.
I avtalen blei det semje om at ordningar som ikkje direkte er retta mot dei grupper som Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag representerer, og tiltak som har innverknad på konkurranseforhold, ikkje skal liggje under jordbruksavtalen. Dette inneber at tilskott med samla løyving på vel 464 mill. kroner i 2004 er flytta frå kap. 1150 og til andre kapittel på statsbudsjettet.
Avtalen inneber vidare at avtaleåret for løyvingane over statsbudsjettet skal følgje kalenderår. Avtalte endringar i løyvingane i jordbruksoppgjeret gjeld for følgjande kalenderår. Det vil seie at den avtalen staten inngjekk med jordbruket i 2003 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2004 som er lagt til grunn i avtalen og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 70 (2002-2003). Gjennom vedtak III i proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2003 har Stortinget gitt Landbruksdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i høve til avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2004.
Importvernet er ikkje eit forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Ramma for jordbruksavtalen 2003 og fordelinga er utforma innafor Noregs plikter i høve til WTO-avtalen.
Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2003 og verknad for statsbudsjettet i 2004, blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 70 (2002-2003). I denne proposisjonen blei Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2004 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga 16.06.2003 og gjennom Innst. S. nr 288 (2002-2003).
Budsjettframlegg 2004
Budsjettforslaget for 2004 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir redusert med om lag 511 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2003, frå 11,729 mrd. kroner til 11,218 mrd. kroner. Reduksjonen i 2004 er sett saman av følgjande forhold:
260 mill. kroner auke som følgje av konsekvensjustering på grunn av framskunda utbetaling frå 2003 til 2002
275 mill. kroner reduksjon som følgje av reduserte tilskott etter jordbruksoppgjeret 2003
31 mill. kroner reduksjon som følgje av volumreduksjonar på overslagsløyvingane (post 73)
464 mill. kroner reduksjon som følgje av flytting av løyvingar til andre kapittel på statsbudsjettet
Merknader til dei einskilde postane
I St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003 heiter det:
"Etter pålegg fra ESA arbeider Finansdepartementet med et opplegg for avvikling av el-avgiften for næringsvirksomhet. Selv om jordbruket ikke er omfattet av EØS-avtalen, legger Regjeringen til grunn at også jordbruket bør fritas fra el-avgiften, forutsatt at dette følges opp med tilsvarende reduksjon i budsjettoverføringene til jordbruket. Det arbeides primært med en ordning der avgiften fases ut over 5 år. Provenyeffekten er ikke endelig avklart. I avtalen er det regnet med en kostnadsbesparelse for jordbruket på i underkant av 110 mill. kroner ved full avvikling, tilsvarende om lag 22 mill. kroner i 2004. Avtalen innebærer at dersom det blir aktuelt med raskere avvikling i 2004 tas det opp forhandlinger om tilsvarende justering av rammen."
Regjeringa går no inn for at el-avgifta for all produksjonsverksemd skal avviklast frå 01.01.2004, medan det leggjast opp til å innføre eit nytt system frå 01.07.2004 som avgiftslegg deler av forbruket for å motvirke auka etterspurnad etter elektrisitet. For landbruket er det berekna at fjerning av el-avgifta i første halvår 2004 vil utgjere ca. 55 mill. kroner.
I ramma for jordbruksoppgjeret blei det lagt inn ein effekt av redusert el-avgift tilsvarande 20 mill. kroner i 2004 for avtrapping av el-avgifta over 5 år. Som ei oppfølging av jordbruksavtalen og fjerninga av el-avgifta i første halvår 2004, er det lagt inn eit førebels ufordelt kutt i budsjett over kap. 1150 på 35 mill. kroner. Teknisk er dette kuttet førebels lagt inn som ein negativ overføring på underpost 74.21. I tråd med jordbruksavtalen for 2003-2004 føreset ein det at partane tar opp forhandlingar om saka hausten 2003. Føresetnaden er at desse forhandlingane skal avklare det endelege beløp for reduksjonar i budsjettoverføringane over kap. 1150. Vidare er det ein føresetnad at desse forhandlingane blir avslutta slik at saka kan leggjast fram for Stortinget for endeleg behandling i løpet av hausten. Det leggjast opp til at partane i jordbruksoppgjeret tar opp særskilde forhandlingar om den endelege fordelinga av kuttet i løpet av våren 2004.
Regjeringa legg vidare òg opp til at minstegrensa for registrering i manntalet for meirverdiavgift blir auka til ein avgiftspliktig omsetnad og private uttak på 50 000 kroner i løpet av 12 månader.
I protokollen frå jordbruksoppgjeret 2003 heiter det i punkt 10.1:
"Grunnvilkår for tildeling av produksjonstilskudd i jordbruket: Det vises til vedtak om at foretak som søker om produksjonstilskudd må være registrert i Merverdiavgiftsmanntallet for å kunne motta produksjonstilskudd. Næringsdrivende skal registreres i dette manntallet når omsetningen og eventuelle avgiftspliktige uttak overstiger 30 000 kroner i en tolv-måneders periode. Partene er enige om at dersom beløpsgrensen for registrering endres, er det opp til avtalepartene om man vil endre dette vilkåret knyttet til tildeling av produksjonstilskudd".
Departementet legg til grunn at alle utbetalingar av produksjonstilskott i 2004 vil vere basert på søknadar om produksjonstilskott pr. 31.07.2003 og 01.01.2004. Desse utbetalingane vil vere knytt til føretak som leverte meirverdiavgiftsoppgåve i 2003 slik at ikkje nokon landbruksføretak vil miste retten på tilskott i 2004 ut frå den nye grensa for registrering i avgiftsmanntalet. Landbruksdepartementet legg vidare til grunn at det nye kravet til registrering i avgiftsmanntalet heller ikkje vil medføre strengare vilkår for å kunne ta i mot produksjonstilskott i dei nærmaste åra etter 2004.Departementet tar sikte på å utforme nærare retningslinjer for å følgje opp dette våren 2004.
Post 50 Fondsavsetningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
50.11 | Tilskott til LUF | 756 000 | 660 750 | 345 750 |
50.12 | Tilskott til Landbrukets Skadefond | 32 900 | 750 | 2 750 |
50.13 | Tilskott til Tiltaksfondet for småfe og fjørfe m.m. | 36 060 | ||
Sum post 50 | 824 960 | 661 500 | 348 500 |
Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)
Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tar sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på det einskilde bruket. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.
Landbrukets Utviklingsfond (LUF) hadde pr. 31.12.2002 ein kapital på 2 568 mill. kroner. Av kapitalen var 987 mill. kroner inneståande i statskassa og 1 581 mill. kroner var lånt ut. For nærare detaljar kring LUF blir det vist til St.prp. nr. 70 (2002-2003) der det òg er gjort greie for fondet sitt ansvar.
Delar av løyvinga til LUF blir flytta ut av jordbruksavtalen frå budsjettåret 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003).
LUF blir helde om lag som i dag, men løyvingane til dei ulike tiltaka kjem frå to ulike budsjettkapittel. Det blir lagt opp til ei total ramme for LUF som vist i tabell 2.16 nedanfor. Det blir lagt til grunn at avdrag på investeringslån til jordbruket blir ført som ein del av finansieringa av dei ordningane som framleis ligg på jordbruksavtalen. Renteinntektene blir delt med 50 pst. på avtalen og 50 pst. utanfor. For budsjettåret 2004 vil løyvinga for tiltaka utanfor avtalen ha ei løyvingsramme 321,5 mill. kroner minus renteinntekter på 22,5 mill. kroner Ein gjer derfor framlegg om ei løyving til LUF for 2004 på 299 mill. kroner over nytt kap. 1149 post 50.
Løyving til LUF over jordbruksavtalen for 2004 blir 345,8 mill. kroner
Tabell 2.16 Oversikt over total løyvingsramme for LUF (mill. kroner).
Ordning | Løyvingsramme 2002 | Løyvingsramme 2003 | Framlegg løyvingsramme 2004 |
---|---|---|---|
Overføring til SUF | 2,0 | 2,0 | 2,0 |
VSP matproduksjon | 90,0 | 95,0 | |
Konkurransestrategiar for norsk mat | 38,0 | 27,5 | |
Sentrale BU-midler | 35,0 | 39,0 | |
Skogbruk og bioenergi | 158,0 | 158,0 | |
Sum ordningar utafor jordbruksavtalen | 323,0 | 321,5 | 321,5 |
Kompetansetiltak | 8,0 | 8,0 | 6,0 |
KSL | 22,0 | 22,5 | 20,0 |
Fylkesvise BU-midlar eks. rentestøtte | 518,0 | 286,0 | 286,0 |
Spesielle miljøtiltak | 142,0 | 139,0 | 135,2 |
Organisert beitebruk1 | 14,6 | 14,6 | |
Økologisk jordbruk2 | 41,2 | 38,0 | |
Sum ordningar innafor jordbruksavtalen (eks. rentestøtte) | 690,0 | 511,3 | 499,8 |
1 Organisert beitebruk: 14,55 mill. kroner overført fra underpost 50.13 jf St.prp. nr. 1 (2002-2003)
2 Økologisk jordbruk: 41,2 mill. kroner overført fra 77.16 jf St.prp. nr. 65 (2001-2002)
Ramma for dei fylkesvise BU-midlane blir vidareført med 286 mill. kroner Dette blir fordelt med 143 mill. kroner til tradisjonelt landbruk forvalta av SND og 143 mill. kroner til utviklingstiltak der SND forvaltar 88 mill. kroner og fylkesmannen 55 mill. kroner.
Formålet med tilskottet til organisert beitebruk er å leggje tilhøva til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark og redusere tap av dyr på utmarksbeite gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak i beiteområde. Frå 2003 er ordningane med tilskott til beitelag, tilskott til investeringar og tilskott til ekstraordinære tiltak på utmarksbeite overført frå Tiltaksfondet for småfe og fjørfe til Landbrukets Utviklingsfond. Det er i samband med dette frå 2003 overført ei løyving på 14,55 mill. kroner frå underpost 50.13 til underpost 50.11. Frå 2005 vil denne løyvinga bli ført over til dei regionale miljøprogramma.
Avsetninga til skogbruk omfattar tilskott til skogbruksplanlegging, drift i område med vanskelege driftstilhøve, tilskott til å ta vare på viktige miljøkvalitetar, kurs, opplæring, tiltak for auka skogkultursatsing, organisering av virkesomsetning på Vestlandet og i Nord-Noreg, skogsvegar og nokre meir kortsiktige tiltak. Desse midla er frå 2004 overført til kap. 1149.
Overføringa til Samisk utviklingsfond (SUF) for å betre rammevilkåra for næringskombinasjonar i samiske område blir ført vidare med 2 mill. kroner.
Vidareføring og vidareutvikling av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon er eit hovudverkemiddel for å auke mangfaldet og innovasjonen i matvaremarknaden. Strategien og handlingsområdene for fase II vil bli fastsett når det ligg føre eit innspel frå det nye programstyret. Det er starta opp eit arbeid der ein ser matprogrammet i samanheng med verdiskapingsprogramma for skog og rein. Dei ulike programsatsingane må òg sjåast i samanheng med BU-midla. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon er overført til kap. 1149 frå 2004.
Utviklinga innan det økologiske landbruket siste år viser at det er spesielt behov for å prioritere tiltak retta mot utviklinga av marknaden for økologiske produkt. Aktuelle tiltak i 2004 vil mellom anna være:
Auka samarbeid med marknadsaktørane knytt til informasjon om- og marknadsføring av økologisk produksjon
Vurdere om premieringsordninga som er innført for kjøtt kan etablerast som ei mellombels ordning for andre produksjonar
Vurdere etablering av ei ordning med heilkjedeavtalar der aktørane frå jord til bord inngår forpliktande avtalar om produksjon, leveransar og omsetning
Følgje opp igangsette nasjonale pilotprosjekt og eventuelt initiera nye som kan løysa "flaskehalsar" i verdikjeda frå jord til bord
Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon
Formålet med fondet er å gi økonomisk erstatning til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av tilhøve som føretaket ikkje rår over. Fondet omfattar følgjande ordningar:
erstatning for avlingssvikt og svikt i honningproduksjon
tilskott etter vinterskade på eng
I årets jordbruksoppgjer var det semje om å samle forvaltning og løyving til alle erstatningsordningar som skuldast tap som følgje av offentlege pålegg og restriksjonar på ein plass. Derfor er nokre av løyvingane som hittil har lege i skadefondet flytta ut av kap. 1150 og slått saman med løyvinga som erstattar pålagt nedslakting på kap. 1107 post 73 på ein ny overslagsløyving på kap. 1143 post 73. Frå jordbruksavtalen gjeld det følgjande ordningar på underpost 50.12:
erstatning etter offentlege pålegg som ein følgje av planteskadegjerarar
erstatning for frivillig nedslakting av sau i samband med sjukdommane scrapie og mædi
tilskott til tiltak mot radioaktivitet.
Samla inneber dette at 18 mill. kroner av løyvinga på denne underposten blir flytta ut av kap. 1150. Det er lagt til grunn at løyvinga i 2004 først er konsekvensjustert opp 20 mill. kroner som følgje av ei framskunda løyving på 20 mill. kroner frå 2003 til 2002, jf. St.prp. nr. 1 (2002-2003). Av dei 18,0 mill. kroner som blir flytta går 15,6 mill. kroner til ein ny post 73 på kap. 1143, medan 2,4 mill. kroner er overført kap. 1115 post 01 for å dekkje kostnader knytt til ordninga med radioaktivitet.
Ein gjer etter dette framlegg om ei løyving på 2,75 mill. kroner i 2004. Dette er ei for låg løyving til å sikre fondskapitalen i forhold til eit normalt forbruk av midlar. Fondet blei tilført 49 mill. kroner i overførte udisponerte midlar i årets jordbruksoppgjer som gir nødvendig kapital til å dekkje det ansvar som normalt kjem i 2004.
Underpost 50.13 Tilskott til Tiltaksfondet for småfe og fjørfe m.m.
Fondet er avvikla frå 01.01.2003 og den resterande eigenkapitalen er overført til Skadefondet, underpost 50.12.
Post 70 Marknadsregulering , kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70.11 | Marknadstiltak | 48 045 | 48 400 | 48 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisordninga | 147 450 | 173 100 | 183 100 |
70.13 | Eksportrestitusjon | 23 523 | 25 000 | 19 000 |
70.15 | Radioaktivitet | 1 684 | ||
Sum post 70 | 220 702 | 246 500 | 250 500 |
Underpost 70.11 Marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta og jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekte av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta.
Prisnedskriving for potetsprit, kollektiv dekking av omsetningsavgift for grønsaker, frukt og jordbær, skolemjølkordninga, avsetningstiltak i hagebrukssektoren, tilskott til produsentsamanslutningar og kadaverhandtering blir finansiert over denne underposten.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 48,4 mill. kroner i 2004.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg og å gjere norske eksportprodukt under ordninga konkurransedyktige på verdsmarknaden. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. I årets jordbruksoppgjer blei målprisane auka tilsvarande 200 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 183,1 mill. kroner til RÅK-ordninga i 2004.
Underpost 70.13 Eksportrestitusjon
Underposten omfattar ordninga med eksportrestitusjon til foredla kjøttprodukt (XRK-ordninga) og Cateringordninga. Formålet med XRK-ordninga er å gjere det mogleg for norsk næringsmiddelindustri å levere foredla kjøttvarer til eksportmarknader. Det vil bli gjort ein gjennomgang av formål og innretning av denne ordninga i 2004. Formålet med Cateringordninga er at norske cateringselskap som leverer menyar til fly i utanriksfart, skal kunne konkurrere med utanlandske selskap når dei nyttar norsk råvare.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 19,0 mill. kroner i 2003.
Post 73 Pristilskott , overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 176 604 | 165 696 | 163 200 |
73.13 | Pristilskott, mjølk | 504 216 | 451 500 | 454 200 |
73.15 | Pristilskott, kjøtt | 896 570 | 720 800 | 611 000 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 4 058 | 4 800 | 4 500 |
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 44 876 | 54 770 | 50 000 |
73.18 | Frakttilskott | 230 739 | 237 300 | 228 300 |
73.19 | Prisnedskriving korn | 400 363 | 432 900 | 433 000 |
73.20 | Tilskott matkorn | 169 841 | 113 300 | |
Sum post 73 | 2 427 267 | 2 181 066 | 1 944 200 |
Posten er ei overslagsløyving. Budsjettforslaget er utrekna på grunnlag av prognosar for kvantum i 2004 (ull, mjølk, kjøtt og korn) og prisar/satsar etter den nye jordbruksavtalen for 2004. I jordbruksavtalen blei satsane justert ned tilsvarande ei redusert løyving på 156,1 mill. kroner. Nye føresetnader for kvantum reduserer løyvinga på posten med 31,366 mill. kroner. Samstundes flyttast underpost 73.20 ut av jordbruksavtalen med ei løyving på 109,4 mill. kroner, medan løyvinga på underpost 73.15 konsekvensjusterast opp 60 mill. kroner som følgje av framskunda løyving frå 2003 til 2002. Samla gir dette ei redusert løyving på post 73 med 236,9 mill. kroner.
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 163,2 mill. kroner for 2004.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt og tilskott til små konsummjølkmeieri.
Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare mjølk og mjølkeprodukt til forbrukaren. Det er no bare geitemjølk som får grunntilskott med ein sats på 184 øre pr. liter.
Formålet med distriktstilskottet er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå 0 til 168 øre pr. liter.
Formålet med tilskott til små konsummjølkmeieri er å lage rammevilkår som gir eit reelt grunnlag for konkurranse i denne sektoren. Ordninga har vore førebels og skal erstattast av ei ny prisutjamningsordning frå 01.01 2004. Det er derfor ikkje lagt inn noko løyving til denne delordninga i 2004.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 454,2 mill. kroner til ordninga med pristilskott til mjølk for 2004. Av dette utgjer grunntilskottet 36,3 mill. kroner og distriktstilskottet 417,9 mill. kroner.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.
Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt har blitt gitt til slakt av storfe, kalv, sau/lam og geit/kje. I jordbruksoppgjeret 2003 blei satsen for storfe sett til null, slik at det no ikkje blir gitt grunntilskott til slakt av okse, ku, kalv, svin og fjørfe.
Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for kylling og kalkun i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag er på 20 øre pr. kg. Satsane for distriktstilskottet på anna kjøtt varierer frå 0 til 13 kroner pr. kg.
Satsane for grunntilskott i avtaleåret 2002-2003 ble sett slik at det blei betalt ut 60 mill. kroner meir enn gjennomsnittleg sats i 2002 og tilsvarande mindre enn gjennomsnittet i 2003. Dette er det gjort greie for i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) Om ny organisering av matforvaltningen m.m. Derfor må løyvinga i 2004 konsekvensjusterast opp 60,0 mill. kroner
Ein gjer framlegg om ei løyving på 611,0 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2004. Av dette utgjer grunntilskottet 104,0 mill. kroner, medan 507,0 mill. kroner er distriktstilskott.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er 40 øre pr. kg og gjeld for Vestlandet (unntatt Rogaland), Trøndelag og Nord-Noreg.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner til ordninga i 2004.
Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.
Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 50,0 mill. kroner til ordninga med distrikts- og kvalitetstilskott for frukt, bær, grønsaker og potet i 2004.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Underposten omfattar frakttilskott til slakt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.
Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Ut frå ei evaluering som syner at ordningane med tilskott til mellomfrakt og engrosomsetting er lite målretta, blei det i jordbruksoppgjeret 2003 semje om å avvikle desse over 3 år.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 228,3 mill. kroner til frakttilskott for 2004 fordelt med 64,5 mill. kroner til slakt, 7,0 mill. kroner til egg og 156,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Prisnedskrivingstilskott til norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk korn gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 433,0 mill. kroner for 2004.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Formålet med tilskottet til matkorn er å skrive ned prisen på matkorn og gi lågare priser til forbrukar. Utrekninga av løyvinga er ei teknisk tilbakeføring av tollinntektene på matkorn i perioden 01.04.2002 til 31.03.2003, gjennom ei nedskriving av prisen på alt matkorn (norsk og importert).
Ordninga er i samband med behandlinga av jordbruksoppgjeret flytta ut av jordbruksavtalen til kap.1143 post 75 med forslag om ei løyving på 109,4 mill. kroner.
Post 74 Direkte tilskott , kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon | 1 306 160 | 1 243 500 | 1 201 000 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 251 016 | 2 271 025 | 2 286 025 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 036 451 | 2 991 959 | 3 033 059 |
74.18 | Andre arealbaserte tilskottsordninger | 222 460 | 237 901 | 218 901 |
74.19 | Tilskott til tiltak mot radioaktivitet | 9 521 | ||
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 74 700 | ||
74.21 | Ufordelt beløp | -35 000 | ||
Sum post 74 | 6 825 607 | 6 744 385 | 6 778 685 |
For nærare oversyn over satsar for dei ulike ordningane viser departementet til St.prp. nr. 70 (2002-2003) Om jordbruksoppgjøret 2003.
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å jamne ut skilnader i lønnsemd mellom bruk av ulik storleik generelt og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som medverkar til å jamne ut skilnader i lønnsemd mellom bruk av ulik storleik.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 201,0 mill. kroner for 2004. Av dette utgjer tilskottet til spesialisert kjøttfeproduksjon 41 mill. kroner.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og storleiker på bruk i husdyrhaldet og gi ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane.
Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt, og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. Denne grensa blei auka frå 140 000 kroner til 150 000 kroner pr. føretak ved jordbruksoppgjeret 2003. For samdrifter med mjølkeproduksjon er taket sett til 270.000 pr. eining.
Frå 2004 blir ordningane med erstatningar som følgje av offentlege restriksjonar samla utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73. I samband med denne omlegginga flyttast 9 mill. kroner dit frå denne underposten som kompensasjon for tilskott pr. dyr som hittil har blitt gitt for nedslakta dyr i samband med tiltak mot scrapie og mædi.
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 2286,025 mrd. kroner i 2003 fordelt med 2062,025 mill. kroner til tilskott pr. dyr og 233,0 mill. kroner til dyr på utmarksbeite.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
I samband med jordbruksoppgjeret 2002 blei det innført eit særskilt kulturlandskapstilskott med same sats pr. dekar til alt jordbruksareal som fyllar vilkåra for arealtilskott. Kulturlandskapstilskottet på 200 kroner pr. dekar skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Mellom anna for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet gis det i tillegg tilskott pr dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker som skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleiker på bruk og distrikt innafor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr.
Av løyvinga på underposten er det sett av 5,0 mill. kroner som bidrag til å utvikle et digitalt kartverk for heile landet. Ferdig utvikla vil dette gjere det enklare både for søkarane og for forvaltninga å målrette og kontrollere ordninga.
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 3 033,1 mill. kroner for 2004.
Underpost 74.18 Andre arealbaserte tilskottsordningar
Underposten omfattar ordningane tilskott til dyrking av fôr i fjellet, tilskott til endra jordarbeid, tilskott til brattlendte bruk og tilskott til seterdrift med mjølkeproduksjon.
Formålet med tilskottet til dyrking av fôr i fjellet er å kompensere for auka arbeids- og transportkostnader i samband med dyrking av fôr i fjellet. Tilskottet til endra jordarbeid har som mål å redusere omfanget av jordarbeiding om hausten og stimulere til å så til med vegetasjon for å redusere erosjon og arealavrenning. Formålet med driftsvansketilskottet for brattlendte bruk er å kompensere for høgare kostnader ved jordbruksdrift i bratt terreng. Formålet med tilskottet til seterdrift med mjølkeproduksjon er å medverke til å oppretthalde og ta opp att tradisjonell seterdrift med mjølkeproduksjon og å halde ved like det tradisjonelle kulturlandskapet i seterområdar gjennom beiting med husdyr.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 218,901 mill. kroner for 2004 der det er sett av midlar til:
tilskott til seterdrift på 21,0 mill. kroner
tilskott til brattlendte bruk på 27,901 mill. kroner
tilskott til dyrking av fôr i fjellet på 10,0 mill. kroner
tilskott til endra jordarbeid m.m. på 160,0 mill. kroner
Frå 2005 vil løyvinga og tiltak i samband med denne bli overført til regional forvaltning gjennom dei særskilde miljøprogramma.
Underpost 74.19 Tilskott til tiltak mot radioaktivitet
Tiltaka går ut på å berge radioaktivt kjøtt slik at det kan nyttast til humant konsum. Dette inneber blant anna nedfôring og kjøp av Berlinerblått.
Tilskott til tiltak mot radioaktivitet blei overført til underpost 50.12 Skadefondet for landbruksproduksjon frå 2003 og blir no flytta ut av jordbruksavtala, jf. underpost 50.12.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk (ny)
Underposten er ny gjennom ei flytting frå underpost 77.16. Samstundes er tilskott til økologiske organisasjonar flytta saman med dei andre tilskotta til organisasjonar på kap.1140 post 77 med ei løyving på 2,6 mill. kroner. Frå 2003 blei utviklingstiltaka flytta til post 50.11 og tilskotta til forsking blei flytta til underpost 77.13.
Formålet med posten er å få til ein overgang til økologisk produksjon og den økologiske produksjonen opp til 10 pst. i 2010.
Underposten dekkjer no ordningane omleggingstilskott, arealtilskott og husdyrtilskott. Tilskotta til økologisk areal og husdyr kjem i tillegg til dei ordinære satsane over underpost 74.14 og 74.17.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 74,7 mill. kroner. Av løyvinga er det sett av 40,0 mill. kroner til omleggingstilskott og 34,7 mill. kroner i tilskott til areal og husdyr.
Underpost 74.21 Ufordelt beløp
I ramma for jordbruksoppgjeret blei det lagt inn ein effekt av redusert el-avgift tilsvarande 20 mill. kroner i 2004 for avtrapping av el-avgifta over 5 år. Som ei oppfølging av jordbruksavtalen og fjerninga av el-avgifta i første halvår 2004, er det lagt inn eit førebels ufordelt kutt i budsjett over kap. 1150 på 35 mill. kroner. Teknisk er dette kuttet førebels lagt inn som ein negativ overføring på denne underposten, jf òg avsnitt om merknad til dei einskilde postane over.
Post 77 Utviklingstiltak , kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 62 154 | 82 860 | 81 860 |
77.12 | Tilskott til planteavl m.m. | 7 000 | 7 000 | 7 000 |
77.13 | Tilskott til forsøksringar og forsking | 59 981 | 73 100 | 69 400 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 30 084 | 33 200 | 27 200 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 55 976 | 51 300 | 35 150 |
77.16 | Tilskott til økologisk jordbruk | 106 007 | 66 300 | |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 8 100 | 8 100 | 8 100 |
77.18 | Oppkjøp av mjølkekvoter | 150 296 | ||
Sum post 77 | 479 598 | 321 860 | 228 710 |
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Løyvinga skal medverke til oppnå avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Den kan òg dekkje tiltak for bevaringsverdige husdyrrasar. Løyvinga skal òg medverke til at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
Frå 2003 er tilskott til avlsorganisasjonar samla på denne posten.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 81,360 mill. kroner for 2004. Av løyvinga er det sett av 0,5 mill. kroner til Genbanken for fjørfe.
Underpost 77.12 Tilskott til planteavl m.m.
Formålet med tilskottet er å fremme dyrking og frøforsyning av gras, belg vekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 7 mill. kroner for 2004.
Underpost 77.13 Tilskott til forsøksringar og forsking
Underposten skal dekkje tilskott til forsøksringar og midlar til forsking over jordbruksavtalen. Tilskottsordninga skal medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgjeving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar og produksjonsmessige og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgjevingstilbod over heile landet.
Frå 2003 blei løyvingar til forsking frå fleire postar samla på denne underposten.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 69,4 mill. kroner for 2004. Tilskottet til forsøksringane utgjer 33,4 mill. kroner og ramma for forsking er 36,0 mill. kroner. Av denne løyvinga er 0,3 mill. kroner flytta frå kap. 1143 post 01, jf. at administrasjonen av tilskottet til forsøksringane er flytta frå SLF til Landbrukets forsøksringar.
Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôrlag
Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr.
Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa, som følgje av det høge prisnivået på korn og kraftfôr i Noreg, blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Produksjon av norske skinn som skal omsetjast på verdsmarknaden må gis like konkurransetilhøve.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 27,2 mill. kroner på underposten. Av løyvinga er det sett av 21,8 mill. kroner i tilskott til pelsdyrfôrlag og 5,4 mill. kroner i tilskott til pelsdyrfôr.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker er ei kollektiv finansiering over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva.
Frå 2004 er tilskottet til frukt og grønt i skolen på 10 mill. kroner flytta ut av kap. 1150 og til Helsedepartementet sitt budsjett. I tillegg blir 4,65 mill. kroner av midlane til framavlsarbeid flytta frå denne underposten til kap. 1143 post 74. Vidare blir 1,5 mill. kroner av tilskottet som har vore nytta til å dekkje kostnader knytt til tilsynsoppgåver flytta til kap. 1115 Mattilsynet som vil ha ansvaret for desse oppgåvene framover. Samla inneber dette at 16,150 mill. kroner blir flytta ut frå jordbruksavtalen og til andre kapittel frå denne underposten.
Ein gjer etter dette framlegg om ei løyving på 35,150 mill. kroner
Underpost 77.16 Tilskott til økologisk jordbruk
Underposten er flytta til underpost 74.20 frå 2004.
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8,1 mill. kroner til ordninga i 2004.
Underpost 77.18 Oppkjøp av mjølkekvoter
Ordninga med kjøp og sal av mjølkekvoter skal medverke til å auke fleksibiliteten i kvoteordninga for mjølk, sikre ei betre utnytting av kapasiteten i driftsbygningar til aktive produsentar og tilpasse produksjonen til marknaden.
Utbetalinga i 2003 for kjøp av mjølkekvoter hausten 2002 er finansiert med overført beløp frå 2002. Finansieringa av kvoteoppkjøp etter dette vil skje med midlar frå omsetningsavgifta utafor statsbudsjettet, og det gjerast ikkje framlegg om nye løyvingar på underposten.
Post 78 Velferdsordningar , kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 365 476 | 989 819 | 1 054 819 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 173 099 | 206 800 | 189 800 |
78.13 | Medlemsavgift til folketrygda | 130 800 | 130 800 | 130 800 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 88 000 |
78.15 | Andre velferdstiltak | 50 380 | 50 500 | 45 000 |
78.16 | Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 103 810 | 107 935 | 124 935 |
Sum post 78 | 1 911 565 | 1 573 854 | 1 633 354 |
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting i onneperioder gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på bruket og er avgrensa til maksimalt 48 500 kroner pr. bruk. For å ha krav på refusjon må utrekna refusjonsbeløp vere minst 5 000 kroner Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver. For å betre landbruksføretaka sin likviditet kan dei få inntil 75 pst. av kostnadene som forskott same året. Løyvinga på posten har avgrensa kor mykje som kan forskotterast. I samband med nysalderinga av budsjettet for 2002 blei 180 mill. kroner av løyvinga for 2003 flytta til 2002 slik at forskottsløyvinga auka frå 58 pst. til ca. 75 pst. Restutbetalinga blei derfor tilsvarande lågare i 2003. For 2004 gjer ein framlegg om ei løyving på 1054,8 mill. kroner i 2004 som er utrekna å dekkje eit forskott på noko over 60 pst.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på bruk med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren av særlege grunnar og for eit kortare tidsrom, ikkje kan ta del i arbeidet på bruket. Ordninga medverkar òg til å finansiere avløysing på driftseiningar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følgje av sjukdom ikkje kan ta del i arbeidet på driftseininga i onnetida.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det einskilde bruk.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 189,8 mill. kroner for 2004.
Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda
Av den pensjonsgjevande inntekta innafor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den einskilde brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den einskilde brukaren (7,8 pst.) blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgjevande inntekt i jord- og skogbruk. Midla blir sentralt førte over til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2004.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 14 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir sentralt førte over til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2004.
Underpost 78.15 Andre velferdstiltak
Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga, administrasjonstilskott til avløysarlag og tilskott til landbrukshelsa.
Landbruksvikarordninga skal medverke til at kommunane tilset landbruksvikarar for å betre brukaren sin tilgang til avløysar først og fremst ved akutte krisesituasjonar. Det blir sett av 16,0 mill. kroner til ordninga i 2004.
Godkjende avløysarlag kan gjennom ordninga med administrasjonstilskott til avløysarlag, få tilskott til dekning av administrasjonsutgifter etter ein fast sats pr. medlem. Tilskottsordninga skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onna gjennom å medverke til finansiering av drifta av avløysarlag. Avløysarlag har som formål å kartleggje, organisere og administrere all avløysing innafor eit område der det ligg til rette for eit slikt samarbeid. Avløysarlaget kan overfor medlemmane òg yte andre tenester i tilknyting til den daglege drifta av garden. Det er sett av 14,0 mill. kroner i tilskott til avløysarlag i 2004.
Landbrukshelsa er ein ideell stiftelse oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggande tilbod til alle gardbrukarane og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og til å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 15,0 mill. kroner til tilskottet i 2004.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 45,0 mill. kroner for 2004.
Underpost 78.16 Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 124,9 mill. kroner for 2004.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Marknadsordninga for korn | 201 822 | 122 000 | 145 000 |
Sum kap 4150 | 201 822 | 122 000 | 145 000 |
Post 80 Marknadsordninga for korn
Underposten budsjetterer inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like vilkår mellom korn og andre råvarer til kraftfôr til husdyr.
Ut frå dei prisar som gjeld på verdsmarknaden for m.a. soya, sildemjøl og norsk korn gjer ein framlegg om ei løyving på 145 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 41 200 | 45 300 | 36 500 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 5 450 | 5 600 | 5 600 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast | 53 959 | 48 200 | 51 100 |
79 | Velferdsordningar | 1 800 | 1 800 | 1 800 |
82 | Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein | 2 389 | ||
Sum kap 1151 | 104 798 | 100 900 | 95 000 |
Mål og strategiar
Kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen og ordninga med kompensasjon for kostnader knytt til radioaktivitet i reinkjøt.
Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92). Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogleg å utvikle kulturell berekraft.
Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er derfor ein viktig del av det materielle grunnlag for samisk kultur.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemidlet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.
For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken viser ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 63 (2002-2003), jf. òg Innst. S. nr. 287 (2002-2003). Nærare omtale av målsetjingane for dei einskilde ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2004.
Resultatrapport 2002
Sjølv om situasjonen i reindrifta er betre enn på fleire år, er framleis store delar av reindrifta i ein vanskeleg situasjon med låg produktivitet og store tap. Rovdyrtap og arealinngrep er framleis store utfordringar i dei fleste områda. Medan tap grunna rovdyr utgjer store tal i Nord-Noreg er det for områda lenger sør særleg viktig å auke innsatsen for sikring av reindrifta sine areal. Det økonomiske resultatet samla sett for reindrifta er framleis svakt, men det er store regionale skilnader. Totalregnskapet for reindriften 2001 viser vesentleg betring av resultatmåla frå 2000 til 2001. Betringa i resultatmåla kan i hovudsak knytast til auka ekstraordinære overføringar over statsbudsjettet i 2001, ei positiv endring av reinhjordverdien, samt auka kjøttinntekter. Gjennomsnittleg inntektsnivå er på høvesvis 145 000 kroner og 232 500 kroner pr. årsverk og driftseining. I alle reinbeiteområda i Nord-Noreg, utanom Polmak Varanger, er kostnadene større enn produksjonsinntektene.
Radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulukka i 1986 skaper framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ein tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause. På bakgrunn av auka kostnader grunna høgare måleverdiar hausten 2002, må tiltaka vidareførast.
Reindriftsavtalen for 2003/2004
Avtalen legg vekt på å følgje opp dei føresetnadene som ligg i St.meld. nr. 28 (1991-92) og Innst. S. nr. 167 (1991-92). Reindriftsavtalen for 2003/2004 har ei ordinær ramme på 95 mill. kroner og er redusert tilsvarande provenyverknaden av skattefrådraget i høve til Reindriftsavtalen 2002/2003. Reindriftsavtalen 2003/2004 sine viktigaste mål er å stimulere til størst mogleg verdiskaping i næringa innafor gitte rammer, tilpasse talet på driftseiningar til ressursgrunnlaget og medverke til inntektsfordeling. Vidare er det viktig å ha fokus på kvinna sin situasjon og følgje opp dei kvinneretta tiltaka som er sette i gang.
Ved forhandlingane for avtaleåret 2002/2003 blei partane einige om å gje Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) i oppdrag å gjennomgå ordningane med tilskott til driftseiningar og tamreinlag. Gjennomgangen skulle ta sikte på å foreslå omleggingar som medverkar til at ordningane i større grad stimulerer til ei reindrift som har marknadsretta produksjon og verdiskaping som hovudmål.
Reindriftsavtalen 2003/2004 i vesentleg grad basert på tilrådingane frå NILF og inneber at tilskota til driftseiningar og tamreinlag blir lagde vesentleg om - frå ordningar som i stor grad har vore faste beløp pr. driftseining til ordningar som premierer produksjon og verdiskaping. Det er innført ein produksjonspremie, der føremålet er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien vil medføre at driftseiningar får utbetalt eit prosentvis tillegg på 25 pst. av m.a. sal frå kjøt, vidareforedla kjøtprodukt og biprodukt som blir registrert som avgiftspliktig inntekt i næringsoppgåva. Denne ordninga vil òg gjelde for inntekter relaterte til sal av duodji-produkt. Denne omlegginga, som medfører ei avvikling av produksjons og produktivitetskrava, inneber ei vesentleg forenkling av dagens tilskottssystem, samstundes som fleire vil kunne få tilskot. Produksjonspremien er retta mot verdiskaping og produksjon i reindrifta og vil kunne stimulere til auka omsetning ved å levere varer av høgare kvalitet og/eller ved å foredle varene ytterlegare. Omlegginga medfører at ein får verdsett og synleggjort òg den innsatsen som blir gjort ut over det arbeid som direkte er knytt til reindrift og som i stor grad blir utført av reindriftskvinnene.
Det er innført eit generelt driftstilskot. Driftstilskottet er ein delvis kompensasjon for kostnadene i reindrifta. Tilskottet er differensiert mellom områda og skal verke utjamnande mellom reinbeiteområda med ulike naturgjevne, klimatiske og økonomiske føresetnader.
I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt.
Vidare har partane protokollført semje om å gje NILF i oppdrag å foreta ein gjennomgang av dei gjeldande ordningar og avsetjingar over Reindriftens utviklingsfond (RUF), samt den tidlegare avsetjing til marknadsfremmande tiltak. Gjennomgangen skal sjå verkemidla over RUF, Verdiskapingsprogrammet for rein (VPR) og tilskottet til Samisk utviklingsfond i ein samanheng og der igjennom foreslå eventuelle endringar slik at effekten av RUF og VPR blir størst mogleg.
Vidare skal NILF foreta ein gjennomgang av dei gjeldande velferdsordningane i reindrifta, samt ein gjennomgang av dagens frakttilskottsordning. Gjennomgangen av frakttilskottsordninga skal ta sikte på å foreslå endringar som betre tar vare på dei små slakteria, under her framlegg til kompensasjon for veterinærutgifter og premiering for slakting der ein unngår transport av levande rein. Spesielt skal ein vurdere korleis ein best kan leggje til rette for ei feltslakting som tar vare på dei økonomiske og kulturelle omsyn.
Hovudrapporten frå NILF er føresett framlagd for avtalepartane før forhandlingane om reindriftsavtalen 2004/2005 startar opp.
Avtalen har ein eigen protokolltilførsel frå NRL vedrørande næringa sitt tap til rovdyr. NRL understrekar at reindrifta si evne til å overleve, både kulturelt og økonomisk, er alvorleg truga i fleire område, og ein reknar med at rovdyrproblematikken finn si løysing under arbeidet med ny rovdyrmelding.
Budsjettframlegg 2004
Departementet gjer framlegg om at Stortinget vedtek løyvingar under kap. 1151 for 2004 i samsvar med reindriftsavtalen for 2003-2004. I omtalen av dei einskilde postane er det gjort kort greie for føremål og innhald i dei ulike ordningane. For nærare omtale viser ein til St.prp. nr. 63 (2002-2003).
Post 51 Tilskott til Reindrifta sitt utviklingsfond
Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som tildømes investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til binæringar. Fondet kan òg gje støtte til faglege tiltak til fremming av reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytte til etablering i næringa.
Frå fondet blir det gjort følgjande avsetjingar:
4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing for 2003
2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent
1,0 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak
7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift
Inntil 10,0 mill. kroner til innløysing av driftseiningar og andre strukturtiltak i distrikt med behov for tiltak for tilpassing av talet på driftseiningar og rein
1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak
0,7 mill. kroner til å dekkje Reindriftsforvaltninga sine kostnader i samanheng med innføring av nytt tilskottssystem
1,5 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga
0,5 mill. kroner til utvikling og utprøving av radiobjøller som eit tiltak for ein betre dokumentasjon og ein reduksjon av rovdyrtapa i reindrifta.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 36,5 mill. kroner for 2004.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står ovanfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet er vidareført med 5,6 mill. kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
75.10 | Administrasjon av reindriftsavtalen | 1 500 | ||
75.11 | Frakttilskott | 1 147 | 2 000 | 2 000 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 32 119 | 27 600 | 32 200 |
75.13 | Distriktstilskott | 10 843 | 11 700 | 12 000 |
75.14 | Driftstilskott for Troms og Nordland | 5 889 | 5 400 | |
75.18 | Tidlegslaktetilskott i Finnmark | 2 462 | 1 500 | 4 900 |
Sum post 75 | 53 959 | 48 200 | 51 100 |
Tilskota skal medverke til å fremme ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 51,1 mill. kroner for 2004 som er ein auke på 2,9 mill. kroner i høve til 2003, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Føremålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,0 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag
Tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:
Produksjonspremie: Formålet med innføring av ein produksjonspremie er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Driftseiningane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøt og andre avgiftspliktige næringsinntekter frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter Forskrift om Reindriftens Utviklingsfond kap. 2. Avgiftsfrie inntekter samt anna sal av livdyr, inngår ikkje som grunnlag for utrekninga av produksjonspremien. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 400 000 kroner pr. driftseining og 1 000 000 kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av driftseininga. For tamreinlaga vil årsrekneskapa danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 17,0 mill. kroner til produksjonspremie.
Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokon av utgiftene i reindrifta. Tilskottet er differensiert i den meining at det skal verke utjamnande mellom reinbeiteområde med ulike naturgjevne, klimatiske og økonomiske føresetnadar. Det er sett av 7,2 mill. kroner til driftstilskott.
Kalveslaktetilskott: Det er sett av 5 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott. Satsen for tilskottet er redusert frå 225 kroner til 150 kroner pr. kalv.
Ektefelletillegg: Som eit ledd i ein kvinne- og familiepolitikk blir det utbetalt eit ekstra driftstilskott med ein sats på 25 000 kroner til dei driftseiningar der begge ektefellar driv aktiv reindrift. Eit slikt tilskott fell bort dersom ein av ektefellane ved siste likningsoppgjør har meir enn 150 000 kroner i brutto inntekt utanom reindrifta. Det er sett av 5 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 32,2 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gje grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei generelle ordningane i Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 12,0 mill. kroner.
Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott i Finnmark og Troms
Ordninga med tidlegslaktetilskott blei innført i slaktesesongen 1993/94 grunna dei særlege problema knytte til vinterbeita i Finnmark og Troms. Føremålet med ordninga er å medverke til at rein blir slakta tidleg på hausten. Dette for å redusere trykket på marginale lavbeite, samt for å oppnå best mogleg kvalitet på kjøt og biprodukt.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 4,9 mill. kroner.
Post 79 Velferdsordningar
Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.
Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.), blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.
Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg ytte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir sentralt overførte til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.
Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Tilskott til forvaltningsdrift | 16 299 | 16 334 | 16 922 |
73 | Avviklingskostnader | 174 | 216 | 224 |
75 | Oppsyn i statsalmenningar | 6 713 | 6 827 | 6 929 |
Sum kap 1161 | 23 186 | 23 377 | 24 075 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag 1/3 av landarealet, i alt 110 000 km2. For ei generell omtale av føretaket syner ein til kap. 5652, post 80 Innskottskapital i Statskog SF.
Forvaltningsoppgåvene som Statskog SF gjer på oppdrag for Landbruksdepartementet omfattar både lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver. Dei lovpålagde oppgåvene har grunnlag i særlover som gjeld for eigedomane - fjellova, lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark fylke, lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane og lov om utmarkskommisjon for Nordland og Troms. Dei oppgåvene som ikkje er lovpålagde har grunnlag i særlege pålegg og retningslinjer.
Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettar bruksrettshavarar og andre har på eigedomane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal og arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedomane ligg og for staten som eigar.
Forvaltningsoppdraget er regulert i eige avtale. Departementet styrer aktiviteten gjennom tildelingsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.
Lovpålagde oppgåver
Skogbruk
Oppgåvene, som følgjer av lov om skogsdrift i statsallmenningar og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark, er knytt til vedutvising i Finnmark og til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt
Verksemda følgjer av lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark og det særlege samfunnsansvaret Statskog har som dominerande grunneigar i fylket. Tidlegare fall også grunneigaroppgåvene i statsallmenningar inn her. Utgiftene til desse oppgåvene blir f.o.m. 2000 dekt over grunneigarfondet, jf. Innst. S. nr. 8 (1999-2000).
Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms
Oppgåvene omfattar Statskog sitt arbeid for kommisjonen med trykking av Riksarkivet sine utgreiingar, kartarbeid, arkivgransking, synfaringar og saksførebuing.
Offentlegrettslege oppgåver
Verksemda dekkjer oppgåver der Statskog SF handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova, lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 går òg inn her.
Ikkje lovpålagde oppgåver
Administrasjon av fiske i Finnmark
Inntil vidare gjeld særlege ordningar for forvaltning av fisket i Finnmark. Forvaltningsordninga skal vurderast i samband med oppfølginga av arbeidet til Samerettsutvalet, jf. Ot.prp. nr. 53 (2002-2003) Om lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarkslova).
Friluftsliv, tilrettelegging
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. I 2003 starta Statskog opp eit prosjekt som vil innebere auka satsing på friluftsliv i åra framover, i nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane.
Oppsyn i Nord Noreg - fjellteneste
Tenesta, som er samfinansiert med m.a. miljøvernstyresmaktene, skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit areal på knapt 70 millionar dekar. Ei samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nord-Noreg, blei inngått i februar 2001.
Resultatrapport 2002
På post 70 er det i 2002 rekneskapsført 16,299 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Om lag 42 pst. av utgiftene skriv seg frå dei lovpålagde oppgåvene.
Lovpålagde oppgåver
I alt 24 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Av dette utgjer utvisninga i Finnmark 10 000 m3. Alle aktuelle allmenningar har no ferdig skogbruksplan. Grunna auka etterspørsel etter ved dei siste åra er det i samarbeid med lokale myndigheiter sett i gang ei registrering av lauvskogressursane i fylket. Dette blei gjort både for å sikre ei god ressursforvaltning og sikre bruksrettshavarane sine rettar.
Arbeidet med seterregistrering heldt fram i 2002. Registeret omfattar 89 statsallmenningar med til saman 3 392 registreringar for kulturbeite, dyrkingsjord og seter. Ein tredjedel av registreringane blei gjort heilt ferdige i 2002.
Ikkje lovpålagde oppgåver
Det blei i 2002 brukt om lag det same beløpet som i 2001 til fiskeordningane i Finnmark. Med omsyn til planar og tilrettelegging for friluftslivet blei det brukt 0,3 mill. kroner mindre enn planlagd. Departementet har signalisert at ein ventar forsterka innsats på dette området, men grunna budsjettsituasjonen var det i 2002 ikkje mogleg å få til dette. Av same grunn er det i 2002 nytta 0,4 mill. kroner mindre enn planlagd til oppsynstenesta i Nord-Noreg.
Fond knytt til forvaltningsoppgåvene
Bruken av grunneigarfondet som pr. 31.12.02 var på 28,121 mill. kroner, er regulert i §12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet mellom anna brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. I 1999 blei det utarbeidd nytt regelverk som skal medverke til at fondet i større grad enn fram til no blir brukt til tiltak i allmenningsbygdene. Grunneigarfondet blei redusert med i overkant av 11 mill. kroner frå 2001 til 2002. Denne reduksjonen skuldast dels auka utbetaling til godkjende tiltak i samsvar med det nye regelverket, dels omlegging av finansieringa av ikkje inntektsgivande grunneigaroppgåver frå statsbudsjettet til grunneigarfondet m.v. Det har vore departementet sitt syn at 25- 30 mill. kroner er eit høveleg nivå for Grunneigarfondet. Nedbygging av fondet til dette nivå er no gjennomført.
Allmenningsfonda, som på same tid var på i underkant av 23 mill. kroner, skriv seg frå salshogstar og erstatning for barskogvern m.v. i underskottsallmenningane. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.
Budsjettframlegg 2004
Post 70 Tilskott til forvaltningsdrift
Verksemda er knytt til lovpålagde og ikkje lovpålagde forvaltningsoppgåver som Statskog SF gjer for Landbruksdepartementet.
Resultatrapporten for 2002 syner at det framover er behov for ei monaleg auke i aktiviteten og tilsynet på Statskog SF sine areal for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det auka behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter, som til dømes reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men rekvirerast ved øvingar) og eigedomstilsyn i høve til ulovlege byggverk med meir.
Det er og behov for auka service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka, også knytt til friluftslivsaktivitetar. Etter den nye friluftsmeldinga er det forventningar om at Statskog som grunneigar i aukande grad skal ta ansvar for den viktige samfunnsoppgåva som det er å leggje betre til rette for allmenta når det gjeld friluftsliv, naturopplevingar, jakt og fiske. Det er mellom anna lagt vekt på at det enkle friluftslivet har viktige helsepolitiske aspekt.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,922 mill. kroner.
Post 73 Avviklingskostnader
Posten dekkjer ventelønn til dei som fikk rett til dette i samband med flyttinga av Statskog SF sitt hovudkontor frå Oslo til Namsos.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 224 000 kroner.
Post 75 Oppsyn i statsallmenningane
Posten dekkjer tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med §36 i fjellova. Statsallmenningane omfattar 27 mill. dekar. Formålet med ordninga er å fremme og sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,929 mill. kroner.
Kap. 5545 Miljøavgifter i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
71 | Miljøavgift, plantevernmiddel | 56 148 | 40 000 | 40 000 |
Sum kap 5545 | 56 148 | 40 000 | 40 000 |
Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltak er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.
Post 71 Miljøavgift, plantevernmiddel
Som ei oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, blei avgiftssystemet lagt om frå 01.03.1999. Plantevernmidla blir no grupperte i avgiftsklasser basert på ibuande eigenskapar og eksponeringsbelastning. Avgifta var tidlegare basert på omsetningsverdi, medan den no er basert på normerte arealdosar differensiert etter midla sin risiko for helse- og miljøskadar. For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i høve til målsetjinga for bruk av plantevernmiddel, vil departementet vurdere nivået på avgifta i samband med dei årlege budsjettframlegga.
Omsetningstala så langt syner at det nye avgiftssystemet har god effekt og ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklassar, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko. For 2004 er det budsjettert med inntekter på 40 mill. kroner.
Kap. 5571 Totalisatoravgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
70 | Avgift | 93 642 | 92 500 | 92 500 |
Sum kap 5571 | 93 642 | 92 500 | 92 500 |
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2002 blei den samla omsetninga i totalisatorspel på 2478 mill. kroner. Dette var ein nedgang på 148 mill. kroner frå året før. For 2003 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2500 mill. kroner.
For 2004 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 92,5 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetnaden.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Utgifter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
1170 | Statkorn Holding ASA | 2 645 | |||
Sum kategori 15.40 | 2 645 |
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 | Pst. endr. 03/04 |
5614 | Renter av lån til landbruksformål | 3 651 | |||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet | 765 | 750 | 750 | 0,0 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF | 13 000 | 8 500 | 8 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 17 416 | 9 250 | 9 250 | 0,0 |
I kategorien er utbytte frå Statskog SF og Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS budsjettert.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruksdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Utbytte | 765 | 750 | 750 |
Sum kap 5651 | 765 | 750 | 750 |
Post 80 Utbytte
Graminor AS
Graminor AS utfører foredling og oppformering av plantevekstar og har ansvar for å vere genbank av ein rekkje arter. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetting av sjukdomsfritt materiale i marknaden og midlar frå ulike FoU-løyvingar nasjonalt og internasjonalt, jf. også omtale under kap. 1143 post 73 når det gjeld statleg tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering.
Statens eigardel i selskapet er no 34,1 pst. etter at selskapet Svaløf Weibull AB har gått inn med ein eigardel på 15,1 pst. etter ein retta emisjon. Ein viser til St.prp. nr. 25 (2002-2003), der det blei gjort greie for forhandlingar med ein nordisk partnar og lagt til grunn at statens samla eigarengasjement i Graminor AS minimum skal være 34 pst. som basis for å sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde ein omsetnad på 18,6 mill. kroner og eit overskott på 2,2 mill. kroner i 2002. Det blei ikkje teke ut utbytte. Det blir heller ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2004, m.a. fordi kapitalbehovet til verksemda i det omstrukturerte selskapet er stort.
Staur Gård AS
Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur gard. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedommen på ein rasjonell måte innafor ramma av desse samfunnsmessige omsyn.
Staur Gård AS hadde i 2002 ei omsetning på 3,8 mill. kroner og eit underskot på 0,3 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2004. Ein viser elles til omtale under kap. 1100 post 70.
Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO)
VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Landbruksdepartementet eig 51pst. av aksjane. Dei resterande 49 pst. av aksjane er eigd av SIVA. Omsetninga i 2002 var på 137,9 mill. kroner. Den største delen av omsetninga er knytt til norsk oppdrett og akvakultur. Til tross for positivt driftsresultat, fekk VESO eit underskot på 3 mill. kroner etter skatt og ekstraordinære kostnader. Underskotet skyldes i første rekkje ekstraordinære kostnader knytte til utvikling av ei bok i husdyrfysiologi og avskrivingar i selskapets aksje- og obligasjonsportefølje. Det blei ikkje utbetalt utbytte for dette året på grunn av at det blei anset som uheldig å tappe selskapet for kapital. Målsetjinga om 0,75 mill. kroner i utbytte ble difor ikkje oppfylt.
Ein budsjetterer med 0,75 mill. kroner i utbytte frå selskapet i 2004 ut frå føresetnaden om ein statleg eigardel på 51 pst.
Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2002 | Saldert budsjett 2003 | Forslag 2004 |
80 | Utbytte | 13 000 | 8 500 | 8 500 |
Sum kap 5652 | 13 000 | 8 500 | 8 500 |
Statskog SF forvaltar om lag 1/3 av landarealet, i alt 110.000 km2. Statskog er òg landets største skogeigar, men skogen dekkjer likevel mindre enn 5 pst. av Statskog sitt totale areal, og 7 pst. av det totale produktive skogarealet i landet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i dei tre nordlegaste fylka. I Sør-Noreg er ein omfattande del av arealet (om lag 27.000 km2) statsallmenning kor lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite m.m.).
Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innan skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane, og er eit viktig instrument for regjeringa for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedomar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innafor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedomar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert. Den økonomiske styringa skal skje etter vanlege bedriftsøkonomiske prinsipp.
Statskog har utarbeidd ny konsernstrategi for perioden 2003- 2006. Måla er m.a. å medverke til å oppfylle nasjonale mål for bruk og vern av skog- og utmarksareala, leggje til rette for allmenta si tilgang til jakt, fiske og anna friluftsliv, skape og sikre lønnsame arbeidsplassar gjennom rasjonell og forretningsmessig utnytting av kompetanse, kapital og areal, auka verdiskaping i tilknyting til eigedomane samt styrkje sin posisjon som tenesteleverandør. Det er eit mål å styrkje den lokale verdiskapinga i samarbeid med lokale aktørar.
Nøkkeltal og utbytte
Konsernet hadde i 2002 driftsinntekter på 218 mill. kroner og eit driftsresultat på 33 mill. kroner. Årsresultatet etter finanspostar og skattar viser eit overskot på 18,315 mill. kroner. Bokført totalkapital i konsernet pr. 31.12.2002 var 283,7 mill. kroner og eigenkapitalen utanom skogavgiftsfondet 212,2 mill. kroner. Forrentinga av bokført eigenkapital (ekskl. skogavgiftsfond) har i åra 2000 - 2002 vore høvesvis 4,3; 12,9 og 8,6 pst. Utbytte for 2002 er fastsett til 13 mill. kroner. Høgare utbytte enn saldert budsjett 2003 skuldast sal av eigedom. Det ble gjennomført verdivurdering av føretaket i 1998.
Det er budsjettert med eit utbytte på 8,5 mill. kroner frå føretaket i 2003. Endeleg vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte våren 2004.
Endringar i vedtektene
Vedtektene for Statskog er endra, jf. omtala i St.prp. nr. 65 (2002-2003) og Innst. S. nr. 260 (2002-2003). Endringane inneber at føretaket si fullmakt til å kjøpe og selje blir utvida, bl.a. grunna ut frå at føretaket av Stortinget er pålagt å selje areal til private grunneigarar, jf. Innst. S. nr.150 (2001-2002). Endringane gir også Statskog SF moglegheit til å pantsette aktiva så langt det gjeld eigedomar som blir kjøpt i framtida. Grunngjevinga er m.a. endringane i statsføretakslova som gjer at staten ikkje lenger garanterer for statsføretaka sine forpliktingar. Vedtektene er òg endra slik at det no er fastsett eit tak på 30 mill. kroner for føretaket sitt samla låne- og garantiansvar, jf. statsføretakslova § 5.
Statskog si rolle framover
Statskog si rolle som grunneigar på dei statlege skog- og utmarksareala vil i åra framover endre seg. Det vil bli eit auka fokus på tilrettelegging og forvaltning av slike eigedomar til beste for allmenta. Det skal framleis drivast næringsmessig aktivitet innan skogbruk, jakt, fiske, friluftsliv o.a. med sikte på å medverke til næringsutvikling i distrikta. Statskog sitt areal skal brukast meir aktivt for å sikre viktige samfunnsoppgåver, mellom anna skal det på statens grunn sikrast nødvendig verneareal.
Med den rolle regjeringa ynskjer at statlege areal skal ha i framtida, både for allmenta og med omsyn til vern, ser ein det ikkje som aktuelt å selje statsallmenningar. Statsallmenningane er staten sitt opphavlege grunnareal, dei utgjer store og samanhengande skog- og fjellområde, og dei er påhefta omfattande rettar til bruk for dei bygdelaga som har rett til allmenningsbruk, jf. lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningene (statsallmenningslova). Vidare har alle som bur i riket rett til jakt og fiske. Som næringskomiteen påpeiker i Innst. S. nr. 150 (2001-2002) vil sal av statsallmenningar vere juridisk komplisert. Ein del av statsallmenningane ligg òg i dei områda som no blir utreda av Samerettsutvalet. Desse faktorane gjer at samfunnet vil vere best tent med at statsallmenningane blir verande i statleg eige.
Regjeringa har i Ot.prp. nr. 53 (2002-2003) Om lov om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke (Finnmarksloven) foreslått at det blir oppretta eit nytt grunnforvaltningsorgan for det som i dag er statseigd grunn i Finnmark, jf. lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark. Forslaget inneber at Statskog SF ikkje lenger vil ha oppgåver knytt til forvaltninga av desse areala, noko som får konsekvensar for sysselsetting og økonomisk resultat i Statskog SF. Konsekvensane for Statskog er omtala i Ot.prp. nr. 53 kap. 8. Forvaltninga av statleg grunn i Finnmark gir i dag eit viktig bidrag til det økonomiske resultatet i Statskog, og dermed til det utbytte staten kan ta som eigar. Når det gjeld sysselsettinga brukar Statskog i dag om lag 40 årsverk på forvaltninga av Finnmark. Forutan ein reduksjon i stillingar i føretaket inneber lovforslaget òg eit visst tap av kompetanse innan føretaket. For heile Statskog (ekskl. forretningsskogbruket) låg inntekta på ca. 154 mill. kroner i 2002. Finnmark står for ca. 20 - 25 pst. av den totale økonomiske verksemda i Statskog SF. Statskog utan Finnmark ville, basert på tal frå 2002, fått eit driftsresultat som kom ut omtrent i balanse. Leggjast budsjettet for 2003 til grunn vil ein kome ut med eit underskot på ca. 3,4 mill. kroner. Som ein følgje av dette har føretaksmøtet i Statskog SF gitt føretaket eit pålegg om å gjennomføre nødvendige omstillingar og kostnadsreduksjonar med sikte på ei økonomisk forsvarleg drift i framtida.
Dette, òg andre endringar i rammevilkåra, kan ha konsekvensar for oppgåver, organisering og vedtekter for Statskog SF.
Departementet vil derfor i samarbeid med partar som saka vedkjem, vurdere framtidige mål og oppgåver for føretaket, og sjå på tenleg organisering av verksemda for å møte endringane i rammevilkåra og for å sikre at Statskog SF skal kunne fylle sine oppgåver på ein god måte. Den nyleg reviderte strategien til Statskog SF vil vere eit godt utgangspunkt for ei vurdering av føretaket si framtidige verksemd og organisering. Departementet vil kome attende til Stortinget med ei nærare omtale av desse spørsmåla i samband med framlegg av statsbudsjettet 2005.
Forvaltninga av statsallmenningar
I Innst. S. nr. 150 (2001-2002) har næringskomiteen bede departementet vurdere om det kan gjerast forsøk med ei forvaltningsform i statsallmenningane der dei blir drivne som bygdeallmenningar. Departementet har ikkje avslutta vurderingane av om fleire statsallmenningar skal få endra forvaltningsordninga og vil kome tilbake til dette seinare. Departementet vil elles vise til at lokale organ som fjellstyra og allmenningsstyra etter lovverket allereie er sterkt inne i forvaltninga av statsallmenningane.
Departementet blei òg bedt om å vurdere forsøk med at oppgåvene til fjellstyret og allmenningsstyret løysast av eit fellesorgan, og vurdere nødvendige lovheimlar. Departementet ser at forvaltningsordninga på statsallmenningane kan synast komplisert, med mange organ, og ein vil derfor sjå nærare på korleis ein kan skipa ei meir heilskapleg og enklare forvaltning .
I Innst. S. nr. 150 (2001-2002) har næringskomiteen òg merka seg at Statskog SF er friteke for meirverdiavgift på sal av fiskekort og jaktkort for småvilt og villrein på sine eigedomar, både i statsallmenningar og på innkjøpt statsgrunn, medan private grunneigarar ikkje har slikt fritak. Komiteen meiner at denne skilnaden i rammevilkår mellom sal av jakt- og fiskerettar på innkjøpt statsgrunn og på privat grunn kan verke konkurransevridande til ulempe for dei private grunneigarane, og komiteen føreset at regjeringa vil sjå nærare på denne moglege effekten av meirverdiavgiftssystemet. Landbruksdepartementet har teke saka opp med Finansdepartementet som for tida har spørsmålet til vurdering.