St.prp. nr. 1 (2005-2006)

FOR BUDSJETTÅRET 2006 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5545, 5571, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

Matproduksjon, skogbaserte næringar og landbruksbaserte tilleggsnæringar er sentrale i den samla verdiskapinga i Noreg. Hovudmålet er ein landbruks- og matpolitikk som gir grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ein berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine samla ressursar. Den jordbruksbaserte matvaresektoren og matvareindustrien sysselset meir enn 100 000 årsverk og ein produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner. Dette utgjer om lag 21 pst. av industriens totale produksjonsverdi. Innanfor skogbruk og skogindustrien er sysselsetjinga på om lag 18 000 årsverk med ein produksjonsverdi på om lag 40 mrd. kroner.

Landbruksproduksjonen blir i aukande grad påverka av internasjonale avtaler og ein meir open marknad.

Regjeringa har vore klar på at det i framtida vil bli lågare arbeidsforbruk i det tradisjonelle jordbruket, med større produksjon på kvar gard. Regjeringa har lagt til rette for ein politikk for dette. Dei siste åra har det blitt gjennomført viktige og nødvendige reformer som har gitt bonden større handlingsrom i forhold til nødvendige omstillingar. Dette vil òg gi effekt i åra som kjem, og norsk landbruk er inne i ein periode med omstilling og satsing. Det har vore viktig for regjeringa at desse reformene er gjennomført i avtalar med næringsorganisasjonane.

Norske bønder er framtidsretta, ser etter nye moglegheiter, og er raske til å ta i bruk ny teknologi. Dei krav som blir stilt til landbruket med omsyn på nytenking, effektivitet og omstilling må vere realistiske og skje i eit tempo som både næringa og samfunnet toler.

For å halde oppe busetjinga og næringslivet i bygdene har det vore viktig at ledige ressursar knytt til effektiviseringa i det tradisjonelle landbruket har kunne nyttast innan alternativ næringsutvikling som m.a. turisme, matmangfald og stell av kulturlandskap. Regjeringa har lagt mykje arbeid i å stimulere til dette, og norske gardsbruk driv no eit mangfald av tilleggsnæringar som omfattar om lag 7 000 årsverk i landbruksrelaterte tilleggsnæringar.

Regjeringa vil leggje vekt på å møte ønskjer og påverke kunnskap hos forbrukarane på ein positiv måte. Regjeringa vil auke verdiskapinga og mangfaldet på matområdet. Det skal leggjast betre til rette for små næringsmiddelverksemder gjennom rettleiing og enklast mogleg regelverk. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt. Regjeringa sin matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg og opplevast som trygg. Maten skal òg vere sunn og gi gode matopplevingar. Desse føresetnadene gjeld uavhengig av om maten er produsert for innanlands konsum, om den er importert eller om den skal eksporterast. Matpolitikken tek opp i seg element frå fleire politikkområde, der dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk.

Det har vore viktig å vitalisere rolla til fylker og kommunar i landbrukspolitikken og i Landbruks- og matdepartementet si verksemd. Regjeringa har lagt vekt på at kommunale og regionale tilpassingar gir betre måloppnåing i landbruks- og matpolitikken. Både utvikling og gjennomføring av politikken må skje ut frå lokale føresetnader og gjennom ulike lokale og regionale partnarskap. Den nasjonale politikken gir no opning for ulike prosessar og løysingar i ulike regionar.

Landbruks- og matpolitikken femner om heile produksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Forutan å sikre ein nasjonal matproduksjon og forbrukarane trygge matvarer uavhengig av om produkta er produsert nasjonalt eller er importert, skal politikkområdet medverke til at ei rekkje sentrale samfunnsmål blir nådd. Dette gjeld m.a. ved produksjon av fellesgode knytt til miljø- og ressurspolitikk, distrikts- og busetjingspolitikk, nærings- og reiselivspolitikk, kultur, helse- og ernæringspolitikk.

Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av den samla næringspolitikken. Det er viktig å sikre berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemda og utvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruket.

Miljøarbeidet omfattar særleg vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka bruk av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.

Det er eit viktig mål for regjeringa å sikre aktivitet og busetjing i distrikta. Regjeringa vil både støtte opp om ei utvikling mot større einingar som grunnlag for ein effektiv landbruks- og tenesteproduksjon og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk eller i distrikta, men hente inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa vil gi borgarane større fridom til å til sjølv å ta stilling til korleis dei vil bu i distrikta og korleis dei vil utnytte ressursane på garden. Samtidig skal politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord og verdifulle kulturlandskap til beste for framtidige generasjonar.

Det er eit mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. I ein meir open marknad er det nødvendig med tiltak som kan auke effektiviteten og redusere produksjonskostnadene i dei store volumproduksjonane. Det er dei store grasbaserte produksjonane og kornproduksjonen som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar, som saman med andre tiltak, sikrar konkurransekrafta.

Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området og næringane.

Dei viktigaste utfordringane i reindriftspolitikken er knytt til beitegrunnlaget og den økologiske berekrafta i næringa. Dette er òg avgjerande for økonomisk og sosial berekraft. Departementet vil særleg leggje vekt på arbeidet med å få ned talet på rein i delar av Finnmark. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen for å finne fram til tiltak som kan redusere dette problemet.

For at reindrifta framover skal vere eit fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta. Departementet ser det som avgjerande viktig at arbeidet med å bringe reintalet i balanse med beiteressursane held fram.

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken; jordbruk, skogbruk, mattryggleik og forsking. Miljøomsyn er integrert i alle desse politikkområda. Saman med andre land med likearta interesser (G10-gruppa), vil regjeringa fortsette arbeidet i WTO for å sikre ei forhandlingsløysing som gir best mogleg marknadstilgang for varer og tenester og som gjer det mogleg å oppretthalde eit levedyktig landbruk over heile landet.

1.1 Hovudpunkt i budsjettframlegget for 2006

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Landbruks- og matdepartementet på om lag 13,7 mrd. kroner. Med utgangspunkt i ein krevjande budsjettsituasjon er Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett stramt. Det er for 2006 lagt opp til å prioritere følgjande områder:

  • styrkje forsking og utvikling med 22 mill. kroner, ein auke på 7 pst., m.a. innanfor internasjonalt forskingssamarbeid og områda innovasjon, næringsutvikling og kommersialisering.

  • følgje opp arbeidet med Innlandet 2010 med 20 mill. kroner innan områda bioteknologi, bioenergi, reiseliv og mat- og trebasert industri

  • auke løyvinga til overvakings- og sikringstiltak med 15 mill. kroner m.a. knytt til Åkneset i Stranda kommune.

  • effektivisere matforvaltninga og redusere dei samla inntektene frå gebyr og avgifter med 7 pst. tilsvarande 50 mill. kroner

  • vidareutvikle Mattilsynet til eit av dei beste i sitt slag innan få år

  • auke innsatsen med 15 mill. kroner innan tilsyn med sjømatsektoren og særskilt prioriterte område knytt til mattryggleik og forbrukarvern.

  • vidareføre satsinga på treprogrammet og matprogrammet

  • styrkje lokaldemokratiet på landbruksområdet

  • modernisere landbruks- og matforvaltninga og forenkle verkemiddelbruken

  • vidareutvikle arbeidet for ny næringsverksemd og attraktive buplassar i bygdene

  • leggje til rette for større variasjon og mangfald i landbruksproduksjonen og dermed auka inntektsmoglegheiter for den enkelte næringsut­øvar

  • sikre ein berekraftig landbruksproduksjon som medverkar til å løyse viktige miljøoppgåver og som kan medverke til å utvikle fellesgode til samfunnet

  • meir målretta forsking og utvikling m.a. gjennom omorganiseringar i instituttsektoren

  • ein aktiv politikk og effektive verkemiddel for å sikre balanse mellom talet på rein og beiteressursane i Finnmark

 

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.

122,1

114,2

-6,4

15.10 Matpolitikk

1 283,9

1 179,2

-8,2

15.20 Forsking og utvikling

304,4

326,1

7,2

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

11 984,9

12 033,1

0,4

Sum Landbruk og mat

13 695,3

13 652,7

-0,3

Sum LMD

13 695,3

13 652,7

-0,3

Budsjettendringane frå 2005 til 2006 er påverka av systemendringar knytt til innføringa av ei nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga og rammeoverføringar mellom departementa. Budsjettala syner såleis ikkje den reelle budsjettutviklinga for departementet.

I det følgjande gjer ein greie for dei viktigaste endringane som budsjettet legg opp til.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på om lag 1 179 mill. kroner. I forhold til saldert budsjett for 2005 er budsjettet redusert med 104,7 mill. kroner. Dei største endringane er ein reduksjon på 81 mill. kroner knytt til innføringa av ei nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga. I tillegg er budsjettet til Mattilsynet redusert med 76 mill. kroner knytt til reduserte omstillingskostnader på 58 mill. kroner og effektivisering i matforvaltninga på 18 mill. kroner. Det er i 2006 sett av 15 mill. kroner for å kunne auke innsatsen innan to hovudområde; økt tilsyn med sjømatsektoren og særskilt prioriterte område knytt til mattryggleik og forbrukarvern.

Reduksjon i omstillingskostnader og effektivisering i matforvaltninga har gitt grunnlag for å redusere gebyr og avgifter på matområdet. Satsane for matproduksjonsavgiftene blir redusert med om lag 6 pst. Det blir òg gjort enkelte endringar for å lette etablering og drift av verksemder som driv i liten skala. I forhold til saldert budsjett for 2005 er dei samla inntektene frå gebyr og avgifter redusert med 50 mill. kroner, tilsvarande om lag 7 pst.

Regjeringa gjer framlegg om 326,1 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og utvikling i 2006. Dette gir ein vekst på om lag 22 mill. kroner eller om lag 7 pst. i forhold til saldert budsjett 2005. Departementet vil i 2006 styrkje arbeidet med spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse. I den samanheng gjer ein framlegg om satsing på program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) med 5 mill. kroner. Departementet har dei siste åra arbeida aktivt for å følgje opp strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika innan landbruks- og matområdet. Det har særleg vore fokus på områda mattryggleik, bioenergi, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Departementet gjer i 2006 framlegg om å styrkje dette arbeidet med 4 mill. kroner for å vidareføre det tette samarbeidet med m.a. Universitet i Minnesota innanfor områda bioenergi og mattryggleik

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 12 mrd. kroner. Dei største endringane er knytt til ein auke på 190 mill. kroner knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen frå våren 2005. Jordbruksavtalen skal medverke til omstilling og effektivisering, samt at aktive utøvarar skal få ei inntektsutvikling på lik linje med andre grupper i samfunnet. Vidare er budsjettet under kat. 15.30 redusert med om lag 150 mill. kroner knytt til at administrasjonen av jordskifterettane flyttast frå Landbruks- og matdepartementet til Domstolsadministrasjonen med verknad frå 01.01.2006 og at ansvaret for jordskifterettane samtidig blir ført over til Justis- og politidepartementet.

Regjeringa vil følgje opp arbeidet med Innlandet 2010 med 20 mill. kroner i 2006 og ser arbeidet som eit godt døme på regional utvikling, og eit tiltak som skaper auka vekst gjennom ein god dialog mellom regionale og sentrale styresmakter, jf. kat. 15.30 og kap. 1149 post 50. Regjeringa forslår vidare ein auke på 15 mill. kroner knytt til overvaking og sikringstiltak av fjellskredutsette område i samband med m.a. Åkneset i Stranda kommune.

1.2 Overordna mål for landbruks- og matpolitikken

Hovudmål for landbruks- og matpolitikken

  • Ein landbruks- og matpolitikk som gir grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ein berekraftig forvaltning av landbrukets og bygdene sine ressursar

Delmål for landbruks- og matpolitikken er:

  • trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn

  • god dyre- og plantehelse og eit etisk forsvarleg dyrehald

  • ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt vern av jordsmonnet, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

  • eit aktivt landbruk over heile landet og attraktive buplassar i bygdene

  • nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande, marknadsretta og berekraftig produksjon av varer og tenester

  • ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart

  • handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og forhandlingar

I tillegg har departementet to strategiar som er å utvikle:

  • ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i forhold til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.

  • mat- og landbruksforskinga som ein produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering.

1.3 Hovudelement i landbruks- og matpolitikken

1.3.1 Matpolitikk

Regjeringa sin matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg og opplevast som trygg. Maten skal òg vere sunn og gi gode matopplevingar. Desse føresetnadene gjeld uavhengig av om maten er produsert for innanlands konsum, om den er importert eller om den skal eksporterast. Matpolitikken tek opp i seg element frå fleire politikkområde, der dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk. Regjeringa vil arbeide for å utnytte moglege synergiar mellom desse politikkområda i forhold til mat og matproduksjon, samtidig som ein er medviten på interessemotsetnader mellom dei ulike områda.

Regjeringa sin matpolitikk vil særleg leggje vekt på:

  • trygg mat

  • sunt kosthald

  • kvalitet, ærleg omsetnad, matglede og andre forbrukaromsyn

  • nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produksjon av mat

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon

Plantehelse og helse og velferd hos dyr og fisk er viktig, både i forhold til matpolitiske mål og som sjølvstendige omsyn.

Globaliseringa har endra rammevilkåra for næringslivet dei seinare åra. Dette gjeld òg produksjon og omsetnad av mat. Krava til produksjon og omsetnad av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtalen og avtaler knytt til WTO. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg viktige premissar for regelverk etter desse avtalene. Noreg har òg stor nytte av arbeidet i grupper under Nordisk Ministerråd, m.a. som ein kanal til EU sine interne regelverksprosessar. Regjeringa legg stor vekt på aktiv deltaking i internasjonalt arbeid for å påverke utvikling av standardar og regelverk, og for å ta del i kunnskapsutviklinga. Det blir òg lagt vekt på bilateral kontakt med andre land sine styresmakter på matområdet med omsyn til betring av marknadstilgangen for norsk sjømat.

Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføring av matpolitikken gjennom å ta del i utviklinga av regelverk og gjennom rettleiing, tilsyn og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarar.

Kunnskapen i FoU-institusjonar som Planteforsk, Veterinærinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES), Havforskingsinstituttet og Nasjonalt folkehelseinstitutt er viktig for å medverke til at forvaltninga av området blir godt fagleg og vitskapleg fundert. Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mattryggleik som utfører uavhengige risikovurderingar.

EU har vedteke eit nytt samla og heilskapleg regelverk for hygiene og kontroll langs heile matproduksjonskjeda. Det nye regelverket fører vidare det meste av tidlegare hygienekrav, men framhever verksemdene sitt ansvar for trygg mat, og stiller strengare krav til eigenkontroll. All primærproduksjon blir no omfatta av hygienekrav. På enkelte område blir det rom for å fastsette reglar nasjonalt. Dei nye reglane er meir generelle, enklare utforma og blir samla i færre forskrifter. Regjeringa vil leggje vekt på å utnytte fleksibiliteten i det nye regelverket slik at ein både sikrar mattryggleiken, og tek omsyn til små og store verksemder. Aktiv informasjon, god rettleiing og effektivt tilsyn frå Mattilsynet blir viktig her.

For å realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa, og styrkje marknaden for norsk sjømat, er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard. Det blir lagt vekt på aktivt å møte dei stadig strengare krava til dokumentasjon knytt til ulike, potensielt skadelege stoff i sjømat både frå handelspartnarar og forbrukarar.

St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling, jf. Innst. S. nr. 226 (2002-2003). Regjeringa legg vekt på oppfølging av tiltaka som blei omtalt. Eit utkast til ny dyrevernlov er under sluttføring, og det blir arbeidd med å etablere ein plattform for alternativ til bruk av dyr i forsking.

Dei organisatoriske endringane ved matforvaltningsreforma blei gjennomført ved etablering av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004. Sjølv om omstillinga har vore krevjande går effektiviseringsarbeidet i Mattilsynet i hovudsak føre seg etter planen. Arbeidet med utvikling av nye fagdatasystem er noko forsinka. Dei reduserte kostnadane for Mattilsynet i 2006 vil komme brukarane til gode gjennom reduserte gebyr og avgifter.

Det blir gjort framlegg om ein monaleg reduksjon i inntekter frå gebyr og avgifter for Mattilsynet i 2006. Satsane for matproduksjonsavgiftene blir redusert med om lag 6 pst. etter at det er gjort nokre tekniske endringar i gebyr- og avgiftssystemet. Det blir òg lagt opp til nokre særskilte gebyrreduksjonar for å lette utvikling og drift av mindre verksemder.

Forbrukarane syner aukande interesse for korleis maten blir produsert, foredla og omsett. Det er aukande interesse for mat, ernæring og helse. Det er òg sterk interesse hos forbrukarane for norske matspesialitetar. Regjeringa vil leggje vekt på å møte ønskjer og påverke kunnskap hos forbrukarane på ein positiv måte. Regjeringa vil vidareføre arbeidet med omstilling, effektivisering og marknadstilpassing av den landbaserte matproduksjonen, og i aukande grad sjå dette i samanheng med forbrukarpolitiske omsyn på matområdet.

Ernæring som ein del av folkehelsearbeidet er omtalt i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. Ernæringsarbeidet er nærmare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit kosthald som gir grunnlag for god folkehelse. I så måte har granskingar vist at fleire praktiske forhold rundt korleis matvarene er tilgjengelege for forbrukarane har stor innverknad på det daglege kosthaldet. Landbruks og matdepartementet vil vidareføre arbeidet med å prøve ut ulike former for skolemåltid òg for å auke forbruket av frukt og grønt.

1.3.2 Næringspolitikk og Landbruk Pluss

Auka verdiskaping er mogleg både ved auka verdi av produkta gjennom auka spesialisering og marknadsorientering, større fridom til å etablere nye livskraftige næringar i landbruket og ved kostnadseffektivisering i verdikjedene.

Rammevilkåra for landbruket vil vere under endring dei næraste åra som følgje av internasjonale prosessar, først og fremst WTO-forhandlingane. Det blir ei viktig utfordring framover å tilpasse den nasjonale landbrukspolitikken og strategiar for næringa til nye internasjonale rammevilkår, og slik at ein samtidig når måla for politikken.

I jordbrukspolitikken følgjer regjeringa ein strategi som gir større valfridom for aktive jordbruksbedrifter. Det er viktig for målet om ei inntektsutvikling i jordbruket på linje med andre grupper i samfunnet. Samtidig skal auka aktivitet innan alternativ næringsutvikling gi nye arbeidsplassar og eit meir allsidig næringsliv i distrikta med grunnlag i landbruket sine ressursar. Matmangfald og produksjon av trygg mat med høg kvalitet er viktige satsingsområde innan landbruks- og matpolitikken. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon og Konkurransestrategiar for norsk mat er viktig for å få fram eit mangfald av særeigne matprodukt og blir ført vidare i 2006. For å få til auka verdiskaping og lønnsame verksemder er det nødvendig at potensialet i ein nasjonal og internasjonal matmarknad blir utnytta betre; effektivisering i alle ledd frå råvare til vidareforedling, distribusjon, marknadsføring og sal og ved at verkemidla blir tilpassa dei utfordringane ein har på ulike område.

Hovudlinjne i skogpolitikken er knytt til auka verdiskaping frå produksjon av varer og tenester frå skog og utmark og til ei langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursgrunnlaget med riktige omsyn til viktige miljøkvalitetar. Skogbruket er grunnlaget for skogindustrien som er ei av dei tre største fastlandsindustriane. Skogindustrien gir store eksportinntekter til landet, og har stor lokal verdi for sysselsetjing og skatteinngang. Aktiviteten i skogbruket er framleis låg. Departementet vil i løpet av hausten og vinteren 2005-2006 gjennomføre eit utgreiingsarbeid med sikte på å kartleggje faktorar som påverkar avverkingsnivået, og vurdere strategiar og tiltak for å auke avverkinga. Departementet tek sikte på å føre vidare tresatsinga, og framleis leggje til rette for auka bruk av bioenergi slik dette òg går fram av næringsstrategien Landbruk - meir enn landbruk som m.a. peiker på målet om auka trebruk i Noreg.

Satsinga på næringsutvikling knytt til landbruket er både forsterka og endra dei seinare åra gjennom moderniseringsprosjektet Landbruk Pluss. Det er sett i gang ei rekkje ulike tiltak retta inn mot lokal matproduksjon, nye tilbod om gardsturisme og ulike tiltak retta inn mot å syne levande og vakkert kulturlandskap, aktiv landbruksverksemd og næringsverksemd med basis i lokal kultur. Departementet arbeider aktivt saman med andre departement for å leggje betre til rette for slik verksemd. Den nasjonale strategien Landbruk – meir enn landbruk har auka lønnsemd som hovudmål. Målet skal bli nådd gjennom fem hovudstrategiar og strategiar for dei nasjonale satsingsområda mat, trevirke, bioenergi, reiseliv og opplevings- og tenesteproduksjon. Landbruks- og matdepartementet har vidare ansvaret for Innlandet 2010 som er eitt av ni prosjekt i regjeringa si sektoroverbyggjande satsing på innovasjon. Innlandet 2010 har som mål å auke nyskapinga og bedriftsetableringa i dei delane av landet som i mindre grad har teke del i den auka verdiskapinga langs kysten.

Reindrifta blir praktisert i store delar av landet og under ulike forhold. Utfordringane er mange og samansette. Stabile vilkår for reindriftsnæringa er ein føresetnad for å kunne skape tryggleik i næringa. Dette gjeld distrikts- og siidainndeling, fastsetjing av beite-tider og fastsetjing av høgste talet på rein for reinbeitedistrikta. Reindriftsutøvarar i område der desse vilkåra er fastsett, har ei betre lønnsemd enn utøvarar der slike fundamentale spørsmål ikkje er avklarte. For reinbeiteområda i Finnmark er slike vilkår enno ikkje fullt ut fastsette. Departementet ser det som avgjerande viktig å få fastsett dei vilkåra som står att, og halde fram med å bringe talet på rein i balanse med beiteressursane. Dette blir følgt opp gjennom å leggje til rette for slakting og gode marknadsforhold. Vidare er revisjonen av reindriftslova sentral i dette arbeidet, og departementet vil derfor prioritere arbeidet med ny lov. Marknadssituasjonen for reinkjøtt er ein heilt annan no enn den var ved inngangen til slaktesesongen 2004. Siste sesong blei det slakta meir enn 50 pst. fleire rein enn året før. Dette er ein indikasjon på at ein er på rett veg, men for enkelte distrikt står mykje igjen. Det er derfor avgjerande at ein tilpassing av talet på rein har høgste prioritet òg i 2006

1.3.3 Miljø- og ressurspolitikk

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert, og eit viktig element i den nasjonale miljøvernpolitikken. Regjeringa sin samla strategi for å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord er knytt til måla om halvering av den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane, og god dokumentasjon og forvaltning av spesielt verdifulle kulturlandskap innan 2010. Det er kommunane som treff vedtak om omdisponering av areal og dei er derfor viktige aktørar for å nå desse måla om jordvern og kulturlandskap. Kommunane har òg oppgåver knytt til dei økonomiske verkemidla på dette området.

For å sikre miljøverdiane knytt til landbruksareala har departementet etablert eit system med nasjonalt miljøprogram, regionale miljøprogram og miljøplanar for dei enkelte gardsbruka. Det nasjonale miljøprogrammet for landbruket låg føre i 2004. Hovudmålet er å sikre at ulike landskapstypar haldast i hevd, at verdifulle biotopar og kulturmiljø blir teke vare på og skjøtta og å sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff.

Departementet legg vekt på god kunnskap om trua artar og verdifull genetisk variasjon og vil føre vidare satsinga på det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Resultata av ei slik kartlegging vil gi eit betre grunnlag for å sikre at omsyn og verkemiddel blir retta mot dei mest verdifulle områda og dei mest trua verdiane.

Departementet vil styrkje genressursforvaltninga, og vil i 2006 etablere eit nasjonalt genressurssenter på Ås. Departementet har vidare tatt initiativ til å få oppretta eit internasjonalt sikringslager for frø på Svalbard.

1.3.4 Busetjings- og eigedomspolitikk

Det er eit viktig mål for regjeringa å sikre aktivitet og busetjing i distrikta.

Regjeringa vil både støtte opp om ei utvikling mot større einingar som grunnlag for ein effektiv landbruks- og tenesteproduksjon i det tradisjonelle landbruket, og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk eller i distrikta, men hente inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa vil gi borgarane større fridom til sjølv å ta stilling til korleis dei vil bu i distrikta og korleis dei vil utnytte ressursane på garden. Samtidig skal politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord og verdifulle kulturlandskap til beste for framtidige generasjonar. Eigedommar og bygningar er viktige ressursar i distrikta. Departementet arbeider med å innrette politikken slik at areal- og bygningsressursane kan takast i bruk på ein meir aktiv måte. Likeeins ønskjer regjeringa ein politikk som stimulerar til auka aktivitet når det gjeld dei eigedommane som i dag ikkje er i aktiv eigen drift. Slik auka aktivitet kan både være knytt direkte til landbruksdrift eller ved anna næringsverksemd eller busetjing. Ein vil òg forenkle og endre lovgjevinga for å leggje til rette for meir lokal og regionalt tilpassa politikk òg for at eigaren skal få større valfridom til sjølv å ta stilling til korleis ressursane på garden kan utnyttast best. Regjeringa meiner at delingsforbodet i jordlova kan leggje unødige hindringar i vegen for ein fleksibel eigedomspolitikk og vil gå inn for at delingsforbodet blir oppheva. Eit slikt framlegg er no sendt på høyring.

Jordskifte er eit viktig verkemiddel for å få til landbrukseigedommar som kan drivast på ein rasjonell måte. Departementet arbeider derfor både med ein brei gjennomgang av jordskiftelova og endringar i nogjeldande jordskiftelov slik at jordskifte kan brukast for å få gjennomført planar etter plan- og bygningslova.

1.3.5 Internasjonale forhold for nærings­politikken i landbruket

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken; jordbruk, skogbruk, mattryggleik og forsking. Miljøomsyn er integrert i alle desse politikkområda. Det er ei målsetjing å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samtidig medverke til framgang i dei internasjonale prosessane.

Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden både som følgje av internasjonale handelsavtalar og gjennom grensehandelen. Handelsavtalar med EU, som er inngått dei siste åra, og WTO-forhandlingane som no går føre seg, verkar inn på importen av landbruksvarer til Noreg. Forbrukarane stiller krav som òg gir auka etterspurnad etter utanlandske produkt. Auka internasjonal konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri overfor store utfordringar om marknadsdelane skal kunne oppretthaldast.

I kommande år blir WTO-forhandlingane knytt til landbruk spesielt viktige i det internasjonale arbeidet i departementet. Hovudrådsmøtet i WTO 27.-29.07.2005 nådde ikkje målet om å bli samde om eit første utkast til landbruksavtale på bakgrunn av rammeavtalen som Hovudrådet vedtok i fjor. Likevel blei landa samde om å halde fast på målsetjinga om å fastsetje konkrete plikter og regelverk på dei ulike områda (såkalla modalitetar) på ministerkonferansen i Hong Kong i desember 2005, samt å avslutte forhandlingane i 2006. Dette krev intensive forhandlingar og vilje til å inngå kompromiss hos alle aktørane. Rammeavtalen som ein blei samde om i august 2004 er framleis grunnlaget for dei vidare forhandlingane. Denne legg m.a. opp til reduksjon i summen av handelsvridande støtte til landbruket, eliminering av eksportstøtte og betring av marknadstilgangen for landbruksvarer. Vidare blei landa i mai 2005 samde om ein metode for å rekne om spesifikke tollsatsar til prosenttollsatsar (såkalla ad valorem ekvivalentar). Dette gjev grunnlag for å kunne samanlikne tollsatsane i ulike land.

Protokoll 3 til EØS-avtalen om handel med foredla landbruksvarer tok til å gjelde 01.01.2002. Frå 01.11.2004 blei tollsatsane reduserte for nokre produkt, m.a. margarin og syltetøy av skogsbær.

Ei ny forskrift om utanlands foredling av landbruksvarer tok til å gjelde frå 01.07.2005. Denne legg opp til ei ordning der varer som blir tilført i utlandet skal få toll tilsvarande om dei hadde blitt importert direkte.

Innanfor ramma av EFTA er frihandelsavtale med Tunisia implementert frå 01.07.2005. Avtalen med Sør-Korea er òg ferdigstilt. Det føregår forhandlingar med SACU (South African Customs Union) og Thailand. Desse frihandelsavtalene omfattar gjensidige konsesjonar, òg på landbruksområdet.

Noreg tek aktivt del i det internasjonale skogpolitiske samarbeidet i regi av FN. Frå 2006 får Noreg auka ansvar og forpliktingar knytt til europeisk skogsamarbeid.

1.4 Forsking og utvikling

Forsking er ein føresetnad for å oppfylle landbruks- og matpolitiske målsetjingar. Målsetjinga er at landbruks- og matforskinga skal vere ein sentral produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering. Departementet gjer framlegg om 326,1 mill. kroner til forskingsaktivitet innan landbruks- og matforskinga. Dette gir ein vekst i forskingsbudsjettet på om lag 7 pst. i forhold til saldert budsjett 2005. I 2006 vil m.a. oppstarten av dei tre nye store forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land, Næringsutvikling basert på arealressursane og Treprodukter - fra marked til skogbruk i stor grad følgje opp sektoren sitt sentrale forskingsbehov. Programma skal dekkje heile verdikjeda frå primærproduksjon til forbrukar og programma skal finansiere grunnforsking, anvendt og brukarstyrt forsking. Programma er godt tilpassa dei tematiske prioriteringane i den nye forskingsmeldinga

Departementet er i ferd med å utarbeide ein ny og overordna strategi som omhandlar sektoren si samla FoU-verksemd. Den nye overordna strategien vil bli lagt til grunn for arbeidet med forskingsbudsjett for 2007 og vil vere førande for Landbruks- og matdepartementet sine forskingsløyvingar dei neste åra.

Departementet si utvida satsing på næringsutvikling gjennom Landbruk Pluss krev auka fokus m.a. på FoU-basert nyskaping. Målsetjinga er at samspel mellom næringsliv og forskings- og utviklingskompetanse skal gi grunnlag for auka næringsutvikling i bygdene og møte nye forbrukarmønster. I samband med dette gjer ein framlegg om at Landbruks- og matdepartementet går inn i Forskingsrådets og Innovasjon Noreg sitt felles program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) med 5 mill. kroner.

Prioriteringar i internasjonalt forskingsarbeid held fram m.a. ved vidareføring av forskingsarbeid med Nord-Amerika der departementet gjer framlegg om ein auke på 4 mill. kroner. Vidare vil departementet prioritere EUs-rammeprogram for forsking og nordisk forskingsarbeid.

Departementet har sett i gang fleire tiltak med omsyn på å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Målsetjinga er at forskingsmiljøa skal kunne møte dei ulike brukarane sine behov på ein betre måte og sikre ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt.

I tråd med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 gjer regjeringa i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2005-2006), framlegg om etablering av Bioforsk som eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Tilleggsnummeret vil omtale den nye verksemda, konkret forslag om etablering, samt økonomiske konsekvensar, m.a. behovet for omstillingsmidlar. Framlegget vil byggje på ein plan for struktur- og omstillingstiltak, som vil behandle m.a. geografisk struktur, faglege hovudprioriteringar og framtidig bemanning, jf. omtale under kat. 15.20.

Landbruks- og matdepartementet sitt utgangspunkt er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk vil inngå i den nye verksemda. Jordforsk sitt representantskap vil ta endeleg stilling til nødvendige endringar i vedtektene i oktober 2005

I St.prp. nr. 1 (2004-2005) og i revidert nasjonalbudsjett for 2005 er det gjort greie for behovet for å slå saman Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) til ein ny kunnskapsorganisasjon innan områda skog, jord, landskap og utmark. Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1141.

I St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling - Den blå åker, St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og i revidert nasjonalbudsjett for 2005 gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren.

For å førebu etableringa av holdingsselskap og dotterselskap frå seinast 1. januar 2007, er NOFIMA AS (Norsk Fiskeri- og Matforskning AS) etablert i 2005.

1.5 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i landbruks- og matforvaltninga

Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga. Formålet med dette har vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder.

Som ein del av regjeringa si satsing på modernisering av landbrukspolitikken (Landbruk Pluss) fekk kommunane ansvaret for juridiske og økonomiske verkemiddel på landbruksområdet frå 01.01.2004. Auka myndigheit til kommunane må òg sjåast i samanheng med at Fylkesmannen har fått ei rolle som kompetanseformidlar i forhold til kommunane.

Etableringa av Mattilsynet var ein stor reform i norsk forvaltning der medarbeidarane som utførte om lag 1 300 årsverk i fire statlege og meir enn 80 kommunale tilsyn blei samla i ei verksemd med tre ulike forvaltningsnivå. Etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet er krevjande. Omstillingstiltaka er ein føresetnad for ein vellukka reform og er viktige for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. Matforvaltningsreforma skal samla sett gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Det blir lagt opp til at dette målet skal vere nådd i 2008. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein samfunnsøkonomisk gevinst gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd. Mattilsynet skal vere ei synleg verksemd som gir god service til brukarar og forbrukarar. Berre eit år etter etableringa nyt Mattilsynet stor tillit hos borgarane. Ei meiningsmåling frå MMI i 2004 viste at 91 pst. av intervjuobjekta har særs stor eller stor tillit til informasjon om helsefarleg mat frå Mattilsynet

For å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt har departementet sett i gang fleire tiltak for å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Siktemålet er å skape ein meir robust instituttstruktur som sikrar ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt, møter brukarane sine behov på ein betre måte, og som gir ein meir effektiv utnytting av FoU-midlane. Ein syner til nærmare omtale under pkt 1.4 i innleiinga.

Jordskifterettane flyttast frå Landbruks- og matdepartementet til Domstolsadministrasjonen med verknad frå 01.01.2006. Ansvaret for jordskifterettane blir samtidig ført over til Justis- og politidepartementet, jf. kap. 1100 og 1145. Ansvaret for forvaltning av jordskiftelova vil framleis liggje i Landbruks- og matdepartementet.

Departementet tek sikte på å leggje ansvaret for den veterinære vaktordninga til kommunane frå 2007. Dette er nærmare omtalt i kat. 15.10 og er eit viktig tiltak i arbeidet med å leggje auka ansvar og oppgåver til kommunane på området der dette vil gi betre lokale tilpassingar av politikken og den landbrukspolitiske forvaltninga.

1.6 Likestilling

Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like moglegheiter til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og tilknytte næringar. Det er nødvendig med stor bredde både med omsyn til kompetanse, ferdigheitar og menneskelege ressursar om ein skal få til ein framleis positiv utvikling med omsyn til næringsutvikling, ressursforvaltning og busetjing i bygdene. Landbruks- og matpolitikken skal fremme likestilling i tråd med den generelle likestillingspolitikken til regjeringa. Landbruks- og matdepartementet arbeider derfor saman med andre departement og i nasjonale og internasjonale prosjekt med spørsmål knytt til likestilling og kvinner si deltaking i landbruksverksemd og ny næringsutvikling. Departementet har i 2005 starta arbeidet med å få fram eit betre kunnskapsgrunnlag knytt til likestillingsarbeidet i landbrukspolitikken, og departementet vil invitere næringa med i dette arbeidet. Med grunnlag i betre kunnskap kan ein så arbeide vidare med sikte på fornya felles mål og strategiar for korleis ein kan følgje opp desse måla.

Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt høg fokus på likestilling i forvaltninga og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruksforvaltninga. Pr. juni 2004 er kvinnedelen i leiarstillingar på 44 pst. medan den i 2000 var på 22 pst. Hos underliggande verksemder har det òg vore ein auke i talet på kvinnelege leiarar frå 23 pst. i 2000 til 34 pst. i 2004

Ved oppnemning av styrer, råd og utval og ved oppretting av nye prosjekt og arbeidsgruppe skal ein arbeide for 40 pst. representasjon av begge kjønn. For ein nærmare omtale av tiltaka syner ein til kat. 15.00 og kat. 15.30.

1.7 Om oppfølging av anmodnings­-vedtak frå Stortinget

Under gis ein oversikt over anmodningsvedtak fra Stortingssesjonen 2004-2005 for Landbruks- og matdepartementets avsvarsområde.

1.7.1 Anmodningsvedtak nr. 574

Under Stortingets behandling av St.prp. nr. 65 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005) blei det fatta følgjande anmodningsvedtak:

«Stortinget ber Regjeringen utvikle nasjonale strategier for økt avvirkning av skog.»

Departementet vil i løpet av hausten og vinteren 2005-2006 gjennomføre eit utgreiingsarbeid med sikte på å kartleggje faktorar som påverkar avverkingsnivået og vurdere strategiar og tiltak for å auke avverkinga, jf. òg omtale under kat. 15.30 under pkt. om skogbruk og bioenergi.

1.7.2 Anmodningsvedtak nr. 350

Under Stortingets behandling av St.prp. nr. 47 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 180 (2004-2005) blei det fatta følgjande anmodningsvedtak:

«Stortinget ber Regjeringen nedsette et utvalg, også med uavhengige representanter, for å gjennomgå størrelse på og antall vaktområder for veterinærer, samt en tilpasning av bemanning av områdene etter behov. Utvalgets arbeid bør være avsluttet innen oktober 2005 og må ta utgangspunkt i de økonomiske rammene for den vedtatte avtalen.»

Landbruks- og matdepartementet har sett ned eit utval som skal gå gjennom organisering av klinisk veterinærvakt i tråd med vedtaket i Stortinget. I tillegg til Den Norske Veterinærforening, Mattilsynet og Landbruks- og matdepartementet som er partar i saka, er KS, Noregs Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag med i utvalet. Utvalet har og eit frittståande medlem. Utvalet arbeider ut frå eit mål om å levere sine framlegg i oktober/november 2005. Stortinget vil bli nærmare orienterte om utvalet sine framlegg, og departementet si oppfølging av desse på eigna vis.

1.7.3 Anmodningsvedtak nr. 288

Under Stortingets behandling av Dokument nr. 8:35 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 131 (2004-2005) blei det fatta følgjande anmodningsvedtak:

«Stortinget ber Regjeringen utrede muligheten for å innføre regelverk som sikrer forbrukerne ytterligere datomerking på matemballasjen, og orientere Stortinget om utfallet av utredningen på egnet måte.»

Departementa har bestilt og nyleg mottatt ei utgreiing frå Mattilsynet om moglegheitene for å innføre ytterlegare datomerking for mat. Mattilsynet rår til å innføre merking av pakkedato og dato for innfrysing. Mattilsynet konkluderer ikkje i spørsmålet om slik merking skal vere obligatorisk eller utformast som retningslinjer eller bransjestandardar. Departementa vil arbeide vidare med spørsmålet om innføring av datomerking av matvarer med utgangspunkt i vurderingane til Mattilsynet og vil orientere Stortinget om resultatet av dette når vurderingane er sluttført.

1.8 Innføring av nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan

Frå 2006 skal det innførast ei nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga. Nettoordninga skal omfatte utgiftsavdeling 1 med budsjettpostane 01-29 for statens eigne driftsutgifter m.v. og utgiftsavdeling 2 med budsjettpostane 30-49 for nybygg og anlegg m.v. Det er i budsjettrammene for 2006 gjort eit uttrekk ut frå forventa meirverdiavgift på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjettområde på om lag 100 mill. kroner fordelt på departementet og underliggjande verksemder, jf. nærmare omtale under den enkelte verksemd.

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

Landbruks- og matforvaltning m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100)

133 590

122 094

114 240

-6,4

Sum kategori 15.00133 590122 094114 240-6,4

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

117 352

121 345

131 123

8,1

1115

Mattilsynet (jf. kap. 4115)

1 281 352

1 162 567

1 048 032

-9,9

Sum kategori 15.101 398 7041 283 9121 179 155-8,2

Forsking og utvikling

1137

Forsking og utvikling

305 176

304 377

326 147

7,2

Sum kategori 15.20305 176304 377326 1477,2

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

13 529

17 100

19 647

14,9

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

26 383

30 796

32 531

5,6

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

32 831

33 949

36 802

8,4

1143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)

325 022

318 681

200 613

-37,0

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket

9 819

7 313

7 547

3,2

1145

Jordskifterettane (jf. kap. 4145)

154 924

150 991

-100,0

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)

79 972

82 454

80 518

-2,3

1147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)

45 146

52 497

51 604

-1,7

1148

Naturskade - erstatningar og sikring

83 979

68 089

83 348

22,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

327 215

336 170

357 259

6,3

1150

Til gjennomføring av jordbruks- avtalen m.m. (jf. kap. 4150)

11 421 874

10 767 749

11 045 899

2,6

1151

Til gjennomføring av reindrifts­avtalen

99 132

95 000

92 500

-2,6

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift

23 891

24 083

24 854

3,2

Sum kategori 15.30

12 643 717

11 984 872

12 033 122

0,4

Sum programområde 15

14 481 187

13 695 255

13 652 664

-0,3

Sum utgifter

14 481 187

13 695 255

13 652 664

-0,3

Budsjettendringane frå 2005 til 2006 er påverka av systemendringar knytt til innføringa av ei nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga og rammeoverføringar mellom departementa. Budsjettala syner såleis ikkje den reelle budsjettutviklinga for departementet.

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

Landbruks- og matforvaltning m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 1100)

10 228

429

443

3,3

Sum kategori 15.00

10 228

429

443

3,3

Matpolitikk

4115

Mattilsynet (jf. kap. 1115)

736 325

737 926

687 905

-6,8

Sum kategori 15.10

736 325

737 926

687 905

-6,8

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4143

Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)

39 676

29 217

30 152

3,2

4145

Jordskifterettane (jf. kap. 1145)

15 606

11 374

-100,0

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)

36 353

28 641

29 558

3,2

4147

Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)

786

30

31

3,3

4150

Til gjennomføring av jordbruks- avtalen (jf. kap. 1150)

89 797

145 000

145 000

0,0

5545

Miljøavgifter i landbruket

85 423

75 000

75 000

0,0

5571

Totalisatoravgift

99 051

89 000

96 000

7,9

Sum kategori 15.30

366 693

378 262

375 741

-0,7

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

765

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF

9 500

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

10 265

9 250

9 250

0,0

Sum programområde 15

1 123 511

1 125 867

1 073 339

-4,7

Sum inntekter

1 123 511

1 125 867

1 073 339

-4,7

1.9 Oversikt over bruk av stikkordert «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2005

Forslag 2006

1100

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan

3 202

1138

70

Støtte til organisasjonar

17 647

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar

2 000

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

14 615

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

17 916

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

371

1143

71

Tilskott til små slakteri

2 875

1143

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

12 628

1144

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m.

7 547

1147

45

Store utstyrskjøp og vedlikehald

2 821

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

11 870

1148

70

Tilskott til sikringstiltak m.m.

23 348

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

37 500

1150

70

Marknadsregulering

215 500

1150

74

Direkte tilskott

6 581 685

1150

77

Utviklingstiltak

222 970

1150

78

Velferdsordningar

1 591 354

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

50 500

Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed kome utbetalingar i påfølgjande år.

Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalene mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret, utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjetterminen. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane i neste år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret/reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.