Del 2
Budsjettframlegg
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100) | 133 590 | 122 094 | 114 240 | -6,4 |
Sum kategori 15.00 | 133 590 | 122 094 | 114 240 | -6,4 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 1100) | 10 228 | 429 | 443 | 3,3 |
Sum kategori 15.00 | 10 228 | 429 | 443 | 3,3 |
Endringane i rammevilkåra for landbruks- og matsektoren dei siste åra har kravd endring og omprioritering av politikken. Viktige tiltak i samband med dette har vore matforvaltningsreforma og modernisering av landbrukspolitikken under nemninga Landbruk Pluss.
I tråd med regjeringa sitt moderniseringsprogram er det lagt til grunn at målgruppene for Landbruks- og matforvaltninga si verksemd er borgarar, brukarar og forbrukarar. Borgarrolla dreier seg om demokratiske rettar i samfunnet, deltaking i den politiske prosessen og individet sin rett knytt til samfunnsdeltaking. For å få til dette er det særs viktig med openheit og gode kommunikasjons- og informasjonskanalar i forvaltninga. Brukarrolla knytt seg til forvaltninga sine brukarar som har plikter eller rettar knytt til departementet sitt forvaltningsområde. Forvaltninga skal til dømes sikre rettssikkerheit og likebehandling, samtidig som ein yter god service. Forbrukarrolla er knytt til individet si rolle som kjøpar av produkt og tenester og rettar som er knytt til dette. Trygg mat, ærleg omsetning, kvalitet og mangfald er knytt til forbrukarrolla.
Til å gjennomføre politikken krevs ein strategi for ei moderne, open og effektiv mat- og landbruksforvaltning som legg vekt på forenkling i forhold til næringsverksemd, auka demokratisering og desentralisering av ansvar og myndigheit, og som sikrar forbrukarane informasjon og innverknad i politikkutforminga.
Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Statens landbruksforvaltning, Innovasjon Noreg og Mattilsynet. Fylkesmannen har fått styrka si rolle i forhold til regional næringsutvikling, og skal saman med kommunane sjå til at viktige politiske mål blir nådd.
Forvaltninga, som er desentralisert med verksemder og institusjonar over heile landet, har som hovudmål å gjennomføre og utvikle både landbruks- og matpolitikken på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos borgarane og brukarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen.
Tabell 2.1 Oversikt over utgifter til landbruks- og matforvalting
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Kap./post | Verksemd | Saldert budsjett 2005 | Framlegg 2006 |
1100/01 | Landbruks- og matdepartementet | 116 470 | 110 610 |
1115/01 | Mattilsynet | 1 093 685 | 967 152 |
1143/01 | Statens landbruksforvaltning | 149 579 | 144 083 |
1145/01 | Jordskifterettane | 148 923 | |
1146/01 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging | 82 454 | 80 518 |
1147/01 | Reindriftsforvaltninga | 37 104 | 36 223 |
Sum | 1 628 215 | 1 338 586 |
Status for området, mål og tiltak
Fornying, organisasjons- og strukturendringar
Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga. Formålet med dette har vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda. Omorganiseringane omfattar utskiljing av oppgåver frå departementet og omstrukturering av verksemder.
Matforvaltningsreforma
Dei organisatoriske endringane ved matforvaltningsreforma blei avslutta ved etablering av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004 og eit klårare mandat til FoU-verksemdene.
Etableringa av Mattilsynet var ei stor reform i norsk forvaltning der medarbeidarane som utførte om lag 1 300 årsverk i fire statlege og meir enn 80 kommunale tilsyn blei samla i ei verksemd med tre ulike forvaltningsnivå.
Etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet er krevjande. Omstillingstiltaka er ein føresetnad for ein vellukka reform og er viktige for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. Mattilsynet prioriterer omstillingsarbeidet høgt.
Matforvaltningsreforma skal samla sett gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Det blir lagt opp til at dette målet skal vere nådd i 2008. Utover kostnadsreduksjonen som følgje av effektiviseringa i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein samfunnsøkonomisk gevinst gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd.
Mattilsynet skal vere ei synleg verksemd som gir god service til brukarar og forbrukarar. Ei meiningsmåling frå MMI i 2004 viste at 91 pst. av intervjuobjekta hadde særs stor eller stor tillit til informasjon om helsefarleg mat frå Mattilsynet. Ei fersk undersøking viser at Mattilsynet er ein av dei offentlege verksemdene som har stor tillit i samfunnet. Ein viser til nærmare omtale i kat. 15.10 og kap. 1115.
Organisatoriske endringar innan instituttsektoren
For å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt- og internasjonalt har departementet sett i gang fleire tiltak for å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Siktemålet er å skape ein meir robust instituttstruktur som sikrar ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt, møter brukarane sine behov på ein betre måte, og som gir ein meir effektiv utnytting av FoU-midlane. Departementet legg i denne samanheng òg stor vekt på eit styrka samarbeid og samspel mellom forskingsinstitutt og Universitets- og høgskolesektoren både innan forsking og utdanning, slik at institutta i stor grad kan fungere som universiteta sine organisasjonar for eksternt finansiert verksemd.
I tråd med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005 vil regjeringa i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2005-2006) leggje fram for Stortinget forslag om å etablere Bioforsk som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter frå 01.01.2006.
Landbruks- og matdepartementet sitt utgangspunkt er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk vil inngå i den nye verksemda. Jordforsk sitt representantskap vil ta endeleg stilling til nødvendige endringar i vedtektene i oktober 2005. Saka er nærmare omtala i kat. 15.20, kap. 1137 og kap. 1112.
I St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling - Den blå åker, St meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og St.prp. nr. 65 (2004-2005) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2005, gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor landbruks- og matsektoren og marin sektor, omtalt som Blå-grøn matallianse. Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt framlegg om å etablere eit holdingselskap for den næringsretta FoU-verksemda med hovudkontor i Tromsø og dotterselskap i Bergen, Ås og Tromsø. For å førebu etableringa av holdingselskap og dotterselskap frå seinast 01.01.2007, er NOFIMA AS (Norsk Fiskeri- og Matforskning AS) etablert i 2005, jf. kat. 15.20 og kap. 1137.
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman til eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Det visast til omtalen under kat. 15.20 og kap. 1141.
Omorganisering av jordskifterettane
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 8 (2000-2001), slutta Stortinget seg til framlegget om omorganisering og modernisering av jordskifterettane og jordskifteoverrettane. Storparten av omorganiseringa er gjennomført med verknad frå 31.12.2001 og frå 31.12.2002. Den siste endringa blir gjennomført i 2005, og overgangsordningar vil bli fullført i 2006, jf. omtale under kap. 1145.
I samsvar med forslaga i Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) og St.prp. nr. 1 (2003-2004) og Stortinget si behandling av desse, skal administrasjonen av jordskifterettane flyttast frå Landbruks- og matdepartementet til Domstolsadministrasjonen med verknad frå 01.01.2006.
Ansvaret for jordskifterettane blir samtidlig ført over til Justis- og politidepartementet, jf. kap. 1100 og kap. 1145. Ansvaret for forvaltning av jordskifteloven vil framleis liggje i Landbruks- og matdepartementet.
Auka merksemd på interessene til borgar, brukar og forbrukar
Marginundersøking
Departementet vil følgje prisutviklinga for matvarer og har sett i gong ei marginundersøking i regi av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). Undersøkinga vil synleggjere korleis marginane blir fordelt i verdikjeda og korleis dette utviklar seg over tid.
Kommunikasjon og openheit
Landbruks- og matdepartementet skal vere ei open forvaltning. Departementet skal raskt gå ut med kunnskap som føreligg på aktuelle saksområde. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg slik at borgarane får svar på sine spørsmål og innsyn i verksemda til departementet.
Enkeltsaker er ofte berre ein del av ein større samanheng, og departementet satsar derfor på å få fram dei lange linjene og samanhengane i politikken. Skal Landbruks- og matdepartementet lykkast i målet om større demokratisk deltaking frå borgarane må dei ulike informasjonskanalane utviklast vidare. Dette gjeld òg med sikte på å auke kunnskapen om politikkområdet og stimulere til ein konstruktiv samfunnsdebatt.
Landbruks- og matdepartementet og landbruks- og matforvaltninga satsar offensivt på Internett som kommunikasjonskanal. Brukarane skal få aktuell informasjon av høg kvalitet og tilbod om nye interaktive tenester. Det er derfor lagt ned mykje arbeid i å vidareutvikle nettsidene på www.lmd.dep.no. Departementet ønskjer å vere primærkjelde når brukarane søkjer informasjon om landbruks- og matpolitikk. Det blir arbeidd systematisk for å synleggjere departementet sin politikk- og fagområde og eit viktig verkemiddel for å lykkast med dette arbeidet er å utvikle ei nett-teneste som skapar interesse og som har høg truverde. Landbruks- og matdepartementet si heimeside har dei to siste åra hatt ein brukarvekst på rundt 40 pst. og ligg no på mellom 55 000 og 60 000 besøk i månaden. Ikkje minst har media nytta seg av nyheitstenestene. Dagleg blir det lagt ut fem- seks nyheiter på departementets nettside, og det blir tilbydd nyheiter via e-post til mellom 5 000 og 6 000 faste abonnentar. Målet er ein ytterlegare auke i besøket og ei stadig betre tilrettelegging av nettsidene for våre relevante miljø. Regjeringa legg opp til at statlege webtenester i stor grad skal vere tilgjengeleg òg i portalar som Noreg.no og MinSide. Ved utforminga av webbaserte tenester vil det vere viktig å leggje til rette for utveksling av interaktive tenester og informasjon.
Landbruks- og matdepartementet må kjenne til den kunnskapen som finnast og dei haldningar som gjer seg gjeldande innan mat- og landbruksområdet. Det blir derfor regelmessig gjennomført ulike undersøkingar, samtidig som departementet i sitt arbeid legg vekt på å ha brei kontakt med ulike miljø og samfunnssektorar. Ei slik kartlegging og analyse av samfunnet er nødvendig for å styrkje dialogen med eksterne interessentar og aktørar.
Måling av omdøme
MMI har for andre året på rad gjennomført ein undersøking som måler omdømet i befolkninga til offentlege verksemder og organisasjonar i Noreg. Her blir haldningar som m.a. går på samfunnsansvar, effektivitet, openheit og informasjon, kompetanse og fagkunnskap og gjennomslagsevne kartlagt. Landbruks- og matdepartementet, Mattilsynet, Innovasjon Noreg og Statens landbruksforvaltning (SLF) er av dei organisasjonane som er målt, og i år som i fjor får Mattilsynet ein svært høg score på totalinntrykket. Av i alt 82 verksemde og organisasjonar plasserer dei spurte det nye Mattilsynet på ein god 11. plass. Av dei 30 verksemdene under gruppa direktorat og tilsyn kjem Mattilsynet på andre plass. Landbruks- og matdepartementet går klart fram innanfor alle disipliner og avanserer i totalinntrykket frå nummer 63 i fjor til nummer 50 i 2005. Landbruks- og matdepartementet scorar ekstra høgt på openheit og informasjon i MMI-målinga og er av dei departementa som gjer det best.
Landbruks- og matdepartementet har lagt stor vekt på å vera eit opent departement som styrer etter meiroffentligheitsprinsippet. Det er derfor ei naturlig utvikling når departementet no gjer både postjournalane og offentlegheitsstatistikk meir tilgjengeleg for borgarane og legg dette ut på heimesida www.landbrukogmat.no.
IT-tenester
God bruk av informasjonsteknologi er eit av verkemidla for å gjere forvaltninga meir tilgjengeleg og effektiv, og utvikling av nettbaserte tenester er eit satsingsområde. I landbruks- og matforvaltninga har det over tid vore arbeida med å utvikle samanhengande, elektroniske tenester. I dag kan mykje av kontakten mellom verksemdene i sektoren og våre målgrupper skje elektronisk.
Statens landbruksforvaltning har etablert søknads- og saksbehandlingssystem på tvers av forvaltningsnivåa kor næringsutøvarane kan søkje om tilskott på Internett. I 2004 nytta om lag 10 pst. av søkjarane seg av tilbodet om å levere søknad elektronisk, noko som og var målsetjinga. Allereie i søknadsomgangen januar 2005 var talet på søkjarar oppe i 22 pst., godt over målsetjinga på 20 pst. Målsetjinga for 2006 er 30 pst. Grunnopplysningane i løysinga blir henta frå Einingsregisteret og Landbruksforvaltningas informasjonsbase (LIB) er tatt i bruk på fleire forvaltningsnivå. Slike løysingar er òg under utvikling og utprøving på fleire andre område i verksemda. WEB-SKAS er ei slik løysing. Løysinga gir alle skogeigarar oversyn over skogfondskontoen og søknad om refusjon av midlar på kontoen kan registrerast, samt at kommunen skal kunne saksbehandle søknaden i løysinga. Erfaringane med auksjoner av importkvoter over Internett og bruken av auksjonssystemet har òg vore gode. Systemet har sidan lansering i år 2000 behandla eit stadig aukande tal på kvotar og aktørar.
NIJOS har etter ein omfattande og langvarig prosess med å digitalisere alle sine data, medverka til utvikling av den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon. Verksemda er ein av dei største bidragsytarane i geoNorge-portalen, og har kome svært langt i å tilby tilpassa, sjølvbetjente tenester for forskjellige brukargrupper.
På fleire områder er det etablert gode løysingar som legg opp til gjenbruk av data og elektroniske tenester. I LIB samlast informasjon frå fleire av departementets underliggande verksemder. Gjennom auka satsing på etablering og vedlikehald av digitale markslagskart, får både dei næringsdrivande innan landbruket og landbruksforvaltninga tilgang til nytt og betre kartgrunnlag. Samanstilling av desse tiltaka har gitt grunnlag for meir effektiv kontroll med arealbaserte tilskottsordningar.
Statskog SF i (Norsk utmark SF) har etablert friluftsportalen inatur.no saman med andre store utmarksaktørar. Her er tenester og informasjon knytt til jakt, fiske og friluftsliv gjort tilgjengeleg for alle interesserte.
I Mattilsynets arbeid med å utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn vil arbeidet med å utvikle fagdatasystem som til dømes gir oversikt over tilsynsobjekt, tilsynsaktivitet, ressursbruk og resultat vere eit viktig instrument. Det er sett av omstillingsmidlar til dette.
Regjeringa har gjennom vedtak og IT-politiske dokument gått langt i å setje klare føringar og resultatmål for bruk av IT i statleg sektor. Gjennom ei strategisk og koordinert satsing på IT-politikk skal gevinstpotensialet i offentleg sektor nyttast enda betre. Departementet har for å følgje opp dette i samarbeid med verksemdene, laga ein handlingsplan for IT i landbruks- og matforvaltninga. Planen gjeld for heile landbruks- og matforvaltninga, og skal vere retningsgivande for utvikling av IT-støtta tenester fram til 2007.
I handlingsplanen vurderer ein landbruksforvaltninga sine hovudutfordringar til å være å:
betre den elektroniske samhandlinga mellom verksemdene og på tvers av forvaltningsområde og -nivå
heve kompetansen mellom leiarar og medarbeidarar om dei moglegheitene teknologien gir for omstilling av arbeidsprosessar og betre tenester
realisere gevinstar frå tidlegare investeringar og tiltak
bidra til å leggje grunnlaget for ein styringsdialog som adresserar utfordringane ovanfor
Planprosessen har resultert i nokre konkrete tilrådingar. I tillegg er det utarbeidd seks konkrete tiltak for å løyse hovudutfordringa som vil bli prioritert i tida framover. Tilrådingane og tiltaka vil kunne betre samhandlinga i offentleg sektor.
Samfunnstryggleik og beredskap
Samfunnstryggleik og beredskap er prioriterte områder for Landbruks- og matdepartementet og omsynet til borgarane sine liv og helse er overordna både i fred, krise og krig. Beredskapsplanar skal sikre god behandling av ekstraordinære situasjonar og auke beredskapen administrativt. Avklaring av roller og ansvar er viktig for god krisehandtering. Særskilt er dette nødvendig på matområdet for å sikre ryddig krisehandtering ved utbrot av zoonoser; sjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske, og matborne sjukdommar. Samarbeidet med Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet vil bli utvila vidare. Mattilsynet har særleg beredskap knytt til alvorlege hendingar på forvaltningsområdet. Mattilsynet deltek òg i atomulykkesberedskapen som blir organisert av Statens strålevern. I tillegg har Mattilsynet grenseflater mot ei rekkje andre verksemder sine forvaltningsområde som krev planverk for beredskap og krisehandtering.
Landbruks- og matdepartementet ved Statens landbruksforvaltning forvaltar lov av 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskadar (naturskadelova). Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Ordninga skal òg medverke til å fremme sikring mot naturskadar gjennom økonomiske tilskott til sikringstiltak og farevurdering. I 2005 er det m.a. gitt tilskott til eit samarbeidsprosjekt mellom Stranda kommune og Norddal kommune for å byggje opp beredskap mot fjellskred og flodbølgjer i indre Storfjorden med utgangspunkt i Åkneset, jf. omtale under kap. 1148.
Kommunikasjon av risiko og god krisekommunikasjonsberedskap er eit prioritert område innan beredskapsarbeidet. Landbruks- og matdepartementet gjennomførte i 2005 fleire tiltak for å auke denne kompetansen, m.a. blei det arrangert eit seminar om krisekommunikasjon. Matforvaltninga gjennomførte og ei kriseøving kor departementa med politisk leiing og embedsverk, tilsyn, kunnskapsinstitusjonar og næringa deltok. Erfaringar frå øvingar ligg til grunn for kontinuerlig revidering av kriseplanverket.
Departementet vil òg vere ein pådrivar for at norske mat- og landbruksstyresmakter har høg kompetanse om og praktiserer god risikokommunikasjon.
Forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel
Forenkling av regelverk og økonomiske verkemiddel er eit prioritert område for Landbruks- og matdepartementet, og det har i den siste perioden vore gjennomført omfattande forenklingar av regelverk og økonomiske verkemiddel, m.a. reindriftslov, konsesjonslov og innlemming av fleire lover i ny matlov. Departementet har fleire tiltak med i regjeringa sitt arbeid med modernisering av offentleg sektor og har òg i samband med Landbruk Pluss satsinga gjennomgått lover og forskrifter med tanke på forenkling, nyskaping og innovasjon.
Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet har utarbeidd ein rettleiar om plan- og bygningslova som skal motivere kommunane til å leggje til rette for at nyskapande tankar og idear må bli gitt reelle moglegheiter for utvikling, men at ein samtidig tek omsyn til viktige naturvern-, kulturminne- eller samfunnsinteresser.
Våren 2005 blei det vedteke ei ny skogbrukslov. Lova tek til å gjelde frå 01.01.2006. I lova er det fastsett ei rekkje forenklingar og endringar i forhold til gjeldande lov frå 1965. Skogeigaren sitt forvaltaransvar og miljøforskriftene er fastsett på ein tydlegare måte, det er fastsett ein klar heimel for å fastsetje miljøforskrift, myndigheit som skogbruksstyresmakt er lagt til kommunane, og det er fastsett enklare saksbehandlingsreglar, samt at to eldre lover er oppheva. Samla er den nye lova på 26 forskrifter. Gjeldande lov inneheld 58 forskrifter.
Departementet sende i juni 2005 ut på høring eit forslag til endring av jordlova og oppheving av seks lover som det ikkje lenger er behov for. Ut over oppheving av lovene gjeld forslaga oppheving av delingsforbodet i jordlova § 12, oppheving av forskriftene i jordlova som gjeld staten sine kjøp av tilleggsjord og dei forskriftene som gjeld ekspropriasjon. I tillegg blei det foreslått at dei reaksjonane forvaltninga kan nytte overfor tilskottsmottakarar som bryt regelverket blir synleggjort i jordlova § 18.
Desentralisering og delegering på landbruksområdet
Som ein del av regjeringa si satsing på modernisering av landbrukspolitikken (Landbruk Pluss) fekk kommunane ansvaret for juridiske og økonomiske verkemiddel på landbruksområdet frå 01.01.2004. Det er gjort fleire førebels vurderingar m.a. gjennomfører Bygdeforsk ei fleirårig følgjeforsking som viser at overføringa av oppgåver til kommunane har gitt større merksemd til landbruksområdet og auka involveringa frå næringa på lokalt nivå. Resultatet er ei lokal forståing og tilpassing av nasjonale verkemidlar og aktiv deltaking i utarbeiding av regionale strategiar, jf. kat. 15.30. Vidare ser ein at det framleis er eit stort behov for informasjon om satsinga på kommunane på landbruksområdet.
For å styrkje dialogen med kommunesektoren og gjere kommunane til ein betre landbrukspolitisk aktør, blei det etablert ein samarbeidsavtale mellom KS og LMD. Samarbeidsavtalen er inne i det siste året og særleg fokus har vore å finne eigna arenaer der ein kan synleggjere samanhengen mellom landbrukspolitikk og andre politikkområde i kommunane. Som ein del av oppgåveoverføringa vil ein større del av rapporteringa frå kommunane på landbruksområdet gå gjennom KOSTRA frå 01.01.2006.
Auka myndigheit til kommunane må òg sjåast i samanheng med at Fylkesmannen har fått ei rolle som kompetanseformidlar i forhold til kommunane. Fylkesmannsembeta i Viken-området har m.a. utarbeidd eit kompetanseprogram retta mot kommunane som har blitt teke godt i mot, jf. kap. 1144 post 77.
I september 2004 la ei arbeidsgruppe, oppretta av Landbruks- og matdepartementet, fram si innstilling med tiltak for å styrkje klinisk veterinærteneste i næringssvake strøk. Arbeidsgruppa tilrår at kommunane skal få ansvar for at det er ei tilfredstillande veterinærdekning og at ansvaret for vaktordninga skal overførast til kommunane.
Landbruks- og matdepartementet deler gruppa sine vurderingar og tilrådingar. Departementet har derfor starta eit arbeid med ei ansvarsreform på området. Ein tek sikte på at reforma skal tre i kraft 01.01.2007. Det vil og vere behov for endringar i lov 15. juni 2001 nr. 75 Om veterinærer og annet dyrehelsepersonell. KS og Den norske veterinærforening er involvert i arbeidet med reforma.
Ein viser og til St.prp. nr. 60 (2004-2005) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2006 (kommuneproposisjonen) for nærmare omtale av veterinærdekning og klinisk veterinærvakt.
Ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk
Landbruks- og matdepartementet har gjennom fleire år arbeidd målretta med leiarutvikling. Ein har lagt vekt på å sjå leiarutviklinga i samanheng med omstillinga som landbruks- og matforvaltninga no gjennomgår med omsyn til roller og oppgåver. I arbeidet med å auke leiarkompetansen nyttar ein òg forskjellige andre verkemiddel, som leiarkontraktar, resultatlønn, leiarevalueringar og haldningsarbeid for å styrkje leiarkompetansen i departementet og forvaltninga.
Departementet har utforma ein handlingsplan for å få fleire kvinnelege leiarar i landbruks- og matforvaltninga. Dette vil framleis vere eit prioritert område. Ei vellukka omstilling i landbruks- og matforvaltninga vil vere basert på motivasjonen og innsatsen til dei tilsette. Det er viktig at arbeidstakarane kan delta aktivt i omstillingsarbeidet slik at ein kan ivareta så mange omsyn som mogleg. Samtidig må kompetansen utviklast i samband med endringane slik at dei tilsette kan tilpassa seg ein eventuell ny arbeidssituasjon på ein god måte. Kompetanseutvikling vil derfor bli prioritert i åra framover. Prosjektet Inkluderande arbeidsliv er òg ei prioritert oppgåve i departementet og underliggande verksemder. Formålet er å redusere sjukefråværet og gjere arbeidslivet tilgjengeleg for seniorar og personar med behov for tilpassa arbeidssituasjon.
Regjeringa har som målsetjing å rekruttere fleire personar med innvandrarbakgrunn. Innvandrarbakgrunn blir her definert som ein person som har sitt opphav frå Afrika, tidlegare Aust-Europa, Asia eller Latin-Amerika. For perioden 01.06.2002 til 01.06.2005 kan ein vise til ein auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn innanfor den statlege landbruksforvaltninga. I perioden 01.06.02 til 01.06.04 blei det kunngjort 452 stillingar. Det blei tilsett personar med innvandrarbakgrunn i 4,6 pst. av desse. For perioden 01.06.2004 - 01.06.2005 blei det kunngjort 209 stillingar. Det blei tilsett personar med innvandrarbakgrunn i 11,5 pst. av desse.
Likestilling
Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter ei målretta og planmessig pådrivarrolle for likestilling på alle samfunnområde. Den reviderte likestillingslova av 2002 stiller òg krav til alle verksemder om å rapportere på korleis det står til med arbeidet med likestilling i eiga verksemd. Nedanfor følgjer ein kort omtale av likestillingsarbeidet på Landbruks- og matdepartementet sitt forvaltningsområde.
Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt høg merksemd på likestilling og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruksforvaltninga. Departementet har m.a. etablert eit eige mentorprogram for kvinnelege leiarar og potensielle kvinnelege leiarar. Statens landbruksforvaltning (SLF) har dei siste åra hatt ansvaret for programmet som omfattar departementet og underliggande verksemder.
Arbeidet med likestilling i departementet og mot forvaltninga har gitt resultat, jf. tabellen under som viser utviklinga i delen kvinnelege leiarar.
Tabell 2.2 Oversikt over utviklinga av prosentdelen av kvinnelege leiarar
Verksemd | 2000 | 2004 |
---|---|---|
Landbruks- og matdepartementet | 22 | 44 |
Underliggande verksemder | 23 | 34 |
Når det gjeld utviklinga i underliggjande verksemder viser ein til årsrapportane.
Grøn stat
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet. Hovudutfordringa innan miljøsatsinga er å sikre ei berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemd, vern om areal og ressursar i eit langsiktig perspektiv og å utvikle dei positive miljøbidraga frå landbruket. Landbruks- og matdepartementet si satsing på miljø omfattar landbruket sitt kulturlandskap og vern om jord- og arealressursar, genressursar og biologisk mangfald, kulturminne, bioenergi og friluftsliv.
Landbruks- og matdepartementet følgjer opp Grøn stat for å hente ut miljøgevinstar. Departementets underliggjande verksemder har fått pålegg i tildelingsbrev om å følgje opp Grøn stat der det er mogleg å oppnå miljøgevinstar med tanke på miljøomsyn og å innføre miljøleiing som styringsprinsipp. Dette gjeld spesielt innanfor områda innkjøp, avfall, transport og energi. Departementets underliggjande verksemder rapporterte i 2005 til departementet at dei er godt i gang med arbeidet med Grøn stat.
Revidert økonomiregelverk i staten
Revidert reglement for økonomistyring i staten tok til å gjelde frå 01.01.2004, med 2004 som overgangsår. Siktemålet med regelverket er m.a. å sikre at:
statlege midlar blir nytta og inntekter blir oppnådde i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader
fastsette mål og resultatkrav blir nådde
statlege midlar blir nytta effektivt
statens materielle verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte
Det nye regelverket utgjer ei modernisering av tidlegare regelverk som m.a. inneber større fridom til lokale tilpassingar, noko som set auka krav til dokumentasjon av rutinar og prosedyrar. I samband med implementeringa av økonomiregelverket har departementet og underliggjande verksemder i 2004 gått gjennom instruksar og rutinar. Ved sida av å fastsette nye økonomiinstruksar har departementet og Statens landbruksforvaltning særleg prioritert tilskottsforvaltninga. Tilskottsordningane med mange tilskottsmottakarar set store krav til gode forvaltningsrutinar som tek omsyn til Stortinget sine føresetnader med løyvingane samtidlig som utgiftene til forvaltning av ordningane har eit rimeleg omfang. Sentralt i dette utviklingsarbeidet står vurdering av risiko og vesentlegheit i forhold til kvar enkelt ordning.
Under jordbruksavtalen, og i nokon grad under reindriftsavtalen, er det ei rekkje ordningar som har ei innretning som ikkje er tilpassa normalprosedyren for tilskottsforvaltning slik denne er fastsett i økonomiregelverket. Særleg gjeld dette i forhold til resultatrapportering, men òg fleire andre delar av normalprosedyrane må tilpassast eller er uaktuelle. Etter Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 6.4.2, kan derfor departementet gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltning når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Bakgrunn og behov for tilpassingar er gjort nærmare greie for nedanfor under kat. 15.30, kap. 1150 og kap. 1151.
Bakgrunnen er i hovudsak den same som departementet har gjort greie for fleire gonger tidlegare, jf. særleg St.prp. nr. 67 (1997-98) kap. 4, der det blei orientert om at mange tilskottsordningar under jordbruksavtalen ikkje kan følgje vanleg prosedyre for mål- og resultatstyring. Det blir her m.a. vist til at løyvingane til oppfølging av jordbruksavtalen inngår i eit samansett system av økonomiske og juridiske verkemiddel som verkar mot fleire mål samtidlig. Systemet med tilskottsordningar, konsesjonsgrenser med vidare skal samla gi produsentane rimelege rammevilkår, medverke til ønskjelege tilpassingar i produksjonen og sikre kollektive gode. Rapportering om resultat og samfunnseffektar kjem derfor best til uttrykk i resultatrapporteringa i dei årlige proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Det blir her rapportert om utviklinga i primærproduksjonen og foredlings- og distribusjonsledda, sett i forhold til dei overordna måla for landbrukspolitikken.
Hovudtrekka i tilskottssystemet under Landbruks- og matdepartementet er uendra. Framleis utgjer eit stort tal tilskottsordningar sentrale rammevilkår for jordbruket. Mål- og resultatrapportering i forhold til kvar enkelt ordning vil ofte bli fragmentarisk og gi liten styringsinformasjon. Dessutan er mange av ordningane slik innretta at tilskottsforvaltninga må tilpassast særskilt. Etter Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 6.4.2 kan departementet derfor gjere avvik frå normalprosedyren for tilskottsforvaltninga når det gjeld tilskottsordningar til landbruksområdet som ikkje er tiltaksretta. Nedanfor under kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. og kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen, er det gjort nærmare greie for dette.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 4100)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 119 272 | 116 470 | 110 610 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan , kan overførast, kan nyttast under kap. 1100 post 50 | 4 709 | 5 203 | 3 202 |
50 | Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 279 | 221 | 228 |
70 | Tilskott til drifta av Staur gard | 250 | 200 | 200 |
71 | Tilskott til Norsk Hestesenter | 5 000 | ||
96 | Kjøp av aksjer i Såvarelaboratoriet AS | 4 080 | ||
Sum kap. 1100 | 133 590 | 122 094 | 114 240 |
Mål- og strategiar
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for å følgje opp dei retningslinjene som Stortinget og regjeringa gir for mat- og landbrukspolitikken. Ansvarsområdet til departementet er matpolitikk, jordbruk, skogbruk, reindrift, husdyrhald, ressursvern og utvikling av nye landbruksbaserte næringar.
Departementet er ein viktig premissleverandør når det gjeld forbrukarspørsmål og spørsmål om miljø, arealplanlegging, kulturvern, distriktsutbygging og utanrikshandel.
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for ein stor del av verksemda i heile kjeda frå primærprodusent til forbrukar. Dette inneber at forholdet til næringsmiddelindustri og annan næringsverksemd blir stadig viktigare.
Strategiane for verksemda til Landbruks- og matdepartementet er å:
utvikle og sikre eit fagleg grunnlag for politiske avgjerd i mat- og landbrukspolitikken
leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet og attraktive buplassar i bygdene parallelt med strukturendringane i landbruket
kommunisere landbruks- og matpolitikken aktivt for å få samfunnsmessig tilslutning og politisk gjennomslag
målrette og kommunisere økonomiske og juridiske verkemiddel og påverke internasjonalt for å ivareta nasjonale interesser best mogleg
utvikle og forbetre system for kontroll og kvalitetssikring i verdikjedene
ta omsyn til forbrukarane sine preferansar på matområdet gjennom deira innverknad på mat- og landbrukspolitikken
skape samanheng og samspel mellom forsking, nyskaping, planlegging, verkemiddel og forvaltning, og å utvikle kvart av desse områda vidare
avklare roller og funksjonar i departementet sitt samspel med andre offentlege og private aktørar.
Som eit sekretariat for den politiske leiinga er det ein føresetnad at departementet har ein fleksibel organisasjon.
Departementet har med basis i ein strategi- og oppgåvegjennomgang gjennomført ei omorganisering av verksemda. Målet har vore å reindyrke rollene på mattryggleik, næringsutvikling og langsiktig ressursutnytting. Omorganiseringa skal òg gjere departementet meir effektivt, fleksibelt og tilpassa oppgåveporteføljen samtidig som ein reindyrkar rolla som sekretariat for den politiske leiinga. Delegering av oppgåver til underliggjande verksemder blir vurdert kontinuerlig. I tillegg søker ein å finne meir effektive arbeidsformer i departementet.
Likestilling
Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra arbeidd med likestilling internt i departementet og mot forvaltninga. Departementet har ei jamn kjønnsfordeling, 54 pst. kvinner og 46 pst. menn. Det er noko ulikskap mellom avdelingane.
Ved tilsetjing av leiarar i departementet skal statsråden ha ei grunngiving dersom ikkje ei kvinne blir tilsett. Departementet har òg eit eige kvinnenettverk som har uttalerett i innstillingsrådet for leiarstillingar.
Ved oppretting av nye prosjekt og arbeidsgrupper, råd og utval skal ein arbeide for 40 pst. representasjon av begge kjønn.
Talet på kvinnelege leiarar i departementet har no kome opp i 44 pst. I 2000 var talet 22 pst.
Det er ikkje for nokon av stillingskategoriane vesentleg forskjell i avlønning mellom kvinner og menn. Den største ulikskapen finn ein for seniorrådgivarar der gjennomsnittleg lønstrinn for kvinner er 59,1, medan den for menn er 60,8. Det blei gjennomført lokale lønsforhandlingar i 2004. Det siste året er det gjennomført sju forhandlingar etter Hovudtariffavtalens pkt. 2.3.4 knytt til omgjering av stilling. Seks av desse gjaldt menn. Det siste året er det tilsett åtte personar i departementet, fire kvinner og fire menn. Fem tilsette blei i 2004 tildelt kompetansestipend, fire kvinner og ein mann. Det er for tida tretten kvinner og ein mann som arbeider deltid. Når det gjeld overtid blei det i 2004 arbeidd 6000 timar overtid, 70 pst. av timane blei utført av menn.
Grøn stat
Miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning er ein integrert del av arbeidet til Landbruks- og matdepartementet, og departementet følgjer opp Grøn stat for å hente ut miljøgevinstar. Det er sett i verk tiltak på områda innkjøp, transport, avfall og energi.
Resultatrapport 2004
Landbruks- og matdepartementet viser til statusomtalene under programkategoriane. Mange av dei resultata som er omtalte der, er knytt til verksemd som Landbruks- og matdepartementet har tatt initiativ til og tatt del i.
Budsjettframlegg 2006
Post 01 Driftsutgifter
Landbruks- og matdepartementet skal dekkje eit breitt forvaltningsområde gjennom sitt ansvar for landbruks- og matpolitikken. Posten dekkjer dei ordinære driftsutgiftene til Landbruks- og matdepartementet. Store deler av Landbruks- og matdepartementet sine ressursar er knytt til arbeidet med internasjonale spørsmål og vidareutvikling av politikken på eit bredt spekter av område.
Posten er redusert med 2,2 mill. kroner i samband med at det i 2006 blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan, jf. omtale i innleiinga. I tillegg er posten redusert med omlag 5,6 mill. kroner i samband med at ansvaret for Jordskifterettane blir overført til Justis- og politidepartementet frå 01.01.2006.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald - ordinære forvaltningsorgan
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved departementet og ordinære forvaltningsorgan under departementet.
Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over dei ordinære løyvingane til verksemdene.
Verksemder under departementet forvaltar eigedommar og disponerer ein stor bygningsmasse. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å selje festetomter, areal til utbyggingsformål, veggrunn m.m. Ein gjer framlegg om at Landbruks- og matdepartementet kan selje innkjøpt og opphavleg statseigedom for inntil 5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Departementet gjer vidare framlegg om at inntekt frå sal kan nyttast til ombygging og ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen. Ein gjer òg framlegg om at unytta meirinntekt frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten, jf. forslag til vedtak II.
Posten er redusert med 2,1 mill. kroner for å dekkje eingongsutgifter til nødvendig IKT-oppgradering i samband med at ansvaret for Jordskifterettane blir overført til Justis- og politidepartementet frå 01.01.2006.
Post 50 Store utstyrskjøp og vedlikehald - forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald ved forvaltningsorgana under departementet som får løyvd midlar over 50-postar. Departementet føreset at ordinært vedlikehald og mindre innkjøp blir dekt over løyvingane til verksemdene på kap. 1112 og 1141.
Post 70 Tilskott til drifta av Staur gard
Staur gard har vore i statleg eige sidan 1960 og fram til 1995 då garden blei overført til Statkorn Holding AS. Frå 01.07.2001 blei garden ført tilbake til Landbruks- og matdepartementet frå Cermaq ASA (tidlegare Statkorn Holding AS). Same tidspunkt stifta Landbruks- og matdepartementet eit heileigd driftsselskap, Staur Gård AS, for å stå for drifta av eigedommen. Det statlege eigarskapet skal sikre vidare bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve for Staur Gård AS å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på.
I samband med at bygningsmassen har hatt behov for opprusting for å vere tenleg for kursverksemd m.m., har det vore redusert drift. Slik opprusting blei sluttført sommaren 2004. Det tek tid å byggje opp den nye verksemda. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 200 000 kroner som driftstilskott til Staur Gård AS.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet (jf. kap. 1100)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Refusjonar m.m. | 33 | 429 | 443 |
02 | Salg av diverse til Såvarelaboratoriet AS | 1 000 | ||
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 2 045 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 1 956 | ||
40 | Sal av eigedom | 195 | ||
41 | Salg av eiendom til Norsk Hestesenter | 5 000 | ||
Sum kap. 4100 | 10 228 | 429 | 443 |
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 117 352 | 121 345 | 131 123 | 8,1 |
1115 | Mattilsynet (jf. kap. 4115) | 1 281 352 | 1 162 567 | 1 048 032 | -9,9 |
Sum kategori 15.10 | 1 398 704 | 1 283 912 | 1 179 155 | -8,2 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
4115 | Mattilsynet (jf. kap. 1115) | 736 325 | 737 926 | 687 905 | -6,8 |
Sum kategori 15.10 | 736 325 | 737 926 | 687 905 | -6,8 |
Regjeringa sin matpolitikk er basert på at maten skal vere trygg og opplevast som trygg. Maten skal vere sunn og gi gode matopplevingar. Desse føresetnadene gjeld uavhengig av om maten er produsert for innanlands konsum, om den er importert eller om den skal eksporterast. Matpolitikken tek opp i seg element frå fleire politikkområde, der dei mest sentrale er forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk. Matpolitikken har òg grenseflater mot til dømes kulturpolitikken, skule- og utdanningspolitikken og bistandspolitikken.
Ser ein på produksjon og omsetnad av mat i eit større perspektiv, endrar marknaden seg gradvis frå å vere lokal eller regional til i aukande grad å bli global. Globaliseringa av marknaden for mat gjer m.a. at stadig fleire får tilgang på eit større utval av matvarer, noko som kan vere bra både for helse og matopplevingar. Matskandalar har påverka og vil kunne påverke matpolitikken, preferansar og merksemd hos forbrukarane. Dette krev eit internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsynssystem som sikrar at maten er trygg og møter forbrukarane sine krav.
For Noreg og norske matprodusentar gir globaliseringa både moglegheiter og utfordringar. Noreg er i dag ein av dei leiande eksportørane av sjømat. Marknadstilgang for norsk sjømat er i så måte ei sentral utfordring. Norske landbruksprodukt vil bli utsett for sterkare konkurranse, men vil òg kunne få nye moglegheiter ut frå konkurranseføretrinn som til dømes god dyrehelse, arktisk landbruk m.m.
Det faglege ansvaret på det matpolitiske området er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet. Helse- og omsorgsdepartementet har administrativt ansvar for Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Det faglege ansvaret etter matlova er delt både etter eit vertikalt grensesnitt og etter føremålet med den enkelte regelen. Det vertikale grensesnittet fastset at Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for alle omsyn etter lova i innsatsvare- og primærproduksjonen inkludert jakt, fiske og hausting av ville bestandar og viltveksande vekstar. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for plantehelse og dyrehelse, medan ansvaret for fiskehelse ligg i Fiskeri- og kystdepartementet.
Etter primærproduksjonen har Helse- og omsorgsdepartementet ansvar for alle reglar som er fastsett av omsyn til folkehelsa og ei rekkje reglar som både skal ivareta folkehelse- og forbrukaromsyn, til dømes generelle merkereglar for mat og reglar om tilsettings- og framandstoff og om genmodifisert materiale i mat. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet ansvaret for reglar for produksjon av drikkevatn langs heile produksjonskjeda. Landbruks- og matdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for storparten av kvalitetsreglane og reglar som er fastsett av omsyn til aktørane langs matproduksjonskjeda, til dømes for å betre marknadsstilgangen eller verne om særskilte produksjonar eller produktnamn. Ansvaret mellom dei to departementa er delt ut frå om reguleringa er knytt til produksjon på land eller i vatn. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom departementa i regelverksutforminga etter matlova.
Dyrevernområdet er regulert i dyrevernlova. Her har Landbruks- og matdepartementet ansvar for regelverk knytt til landdyr, medan Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for regelverk knytt til fisk og krepsdyr.
Regjeringa sin matpolitikk vil særleg leggje vekt på:
trygg mat
sunt kosthald
kvalitet, ærleg omsetning, matglede og andre forbrukaromsyn
nyskaping, mangfald og verdiskaping knytt til produksjon av mat
tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat
langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon
Plantehelse og helse og velferd hos dyr og fisk er viktig både i forhold til matpolitiske mål og som sjølvstendige omsyn.
Det er ei rekkje utfordringar i matpolitikken. Regjeringa vil arbeide for å utnytte moglege synergiar mellom dei ulike politikkområda i forhold til mat og matproduksjon, samtidlig som ein er medviten på interessemotsetnader mellom dei ulike områda. Under denne programkategorien vil ein i første rekkje omtale forbrukar-, helse- og miljøpolitiske spørsmål knytt til matproduksjon og omsetnad av mat.
Regjeringa vil leggje vekt på å møte ønskjer og påverke kunnskap og vaner hos forbrukarane på ein positiv måte. Det er ei utfordring å balansere slikt arbeid opp mot borgarane sitt individuelle ansvar og valfridom. Forbrukarane sine haldningar endrar seg over tid. Nylege undersøkingar syner at forbrukarane er mindre engstelege for ulike risikotilforhold ved maten enn før. Unntaket er forbruket av sukker, kor forbrukarane er meir engstelege. Dette må sjåast i samanheng med ei aukande interesse for mat, ernæring og helse i befolkninga. Utfordringa er likevel at forbrukarane har mange og ulike preferansar i matmarknaden. Til dømes har enkelte segment i befolkninga sterk interesse for norske matspesialitetar. Mange forbrukarar stiller krav ved val av matbutikk. God kvalitet på kjøtt, fisk, frukt og grønsaker og kunnskap om desse varene hos dei tilsette i matbutikken, er viktig. Ein tredel av dei spurte legg vekt på låg pris.
Regjeringa vil vidareføre arbeidet med omstilling, effektivisering og marknadstilpassing av den landbaserte matproduksjonen og i aukande grad sjå dette i samanheng med forbrukarpolitiske omsyn på matområdet.
Regjeringa legg vekt på aktiv deltaking i internasjonalt arbeid for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, og for å ta del i kunnskapsutviklinga som skjer på området for m.a. å ivareta norske synspunkt. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med styresmaktene på matområdet i andre land med omsyn til betring av marknadstilganen for sjømat. Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet har utvikla ein felles plan for internasjonalt arbeid på matområdet. Krava for produksjon og omsetnad av mat blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling som kjem til uttrykk m.a. i EØS-avtalen og avtaler knytt til WTO. Codex Alimentarius Commission (FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar) og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg viktige premissar for regelverket etter desse avtalene. Noreg har òg stor nytte av arbeidet i grupper under Nordisk Ministerråd, m.a. som kanal til EU sine interne regelverksprosessar. I 2006 skal Noreg leie arbeidet under Nordisk Ministerråd. Det er lagt opp eit program der matspørsmål er viktig.
Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken gjennom å ta del i utvikling av regelverk og gjennom rettleiing, tilsyn, og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane. Mattilsynet har òg viktige beredskapsoppgåver. Kunnskapen i FoU-institusjonar som Bioforsk, Veterinærinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES), Havforskingsinstituttet og Nasjonalt folkehelseinstitutt er viktig for å medverke til at forvaltninga av området blir godt fagleg og vitskapleg fundert. Vitskapskomiteen for mattryggleik gjer uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet.
Ansvaret for å etterleve regelverket ligg til den enkelte verksemda. God rettleiing frå tilsynet om regelverket er viktig i den samanhengen. Regjeringa legg vekt på at Mattilsynet skal vere ei synleg verksemd som gir god service til brukarar og forbrukarar. Mattilsynet må arbeide på ein måte som gir grunnlag for tillit til tilsynet, matproduksjonen og maten.
Matpolitiske prioriteringar frå dei enkelte matdepartementa
Fiskeri- og kystdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet vil i 2006 framleis leggje vekt på ei heilskapleg forvaltning av fiskeriressursane i tråd med heilkjedeperspektivet som ligg til grunn for matreforma.
Politikken på sjømatområdet byggjer på:
helseomsyn (mattryggleik og helse; akvatiske organismar)
forbrukar- og marknadspolitiske omsyn (produksjonsmåtar, merkeordningar og ordningar for sporing, fiskevelferd, kvalitet og reieleg produksjon og omsetning)
næringspolitiske omsyn
For å realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa er det ein føresetnad at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard slik at norske sjømatprodukt opprettheld og utvidar sine marknadsdelar.
Departementet legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, både regelverk og tilsyn, blir fastsett og utøvd på ein slik måte at ein ikkje skaper urettferdige konkurransevridingar.
Fiskeri- og havbruksnæringa står for ein stadig større del av verdiskapinga i norsk matproduksjon. Om lag 90 pst. av produksjonen blir eksportert. Eit auka produksjonsvolum krev auka merksemd på sjukdoms- og smittesituasjonen, særleg i oppdrettsnæringa. Smittsame sjukdommar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk oppdrettsnæring dei største tapa. Departementet legg derfor vekt på å tryggje ei god fiskehelse gjennom tiltak i heile produksjonskjeda.
Til no har politikken på sjømatområdet i stor grad vore regulerings- og produksjonsorientert. Regjeringa vil arbeide for m.a. auka forbrukar- og marknadsorientering.
Forbrukarane har auka interesse for helsesidene ved å ete sjømat. Å synleggjere dei gunstige effektane av sjømat for folkehelsa er derfor ein viktig dimensjon. Departementet legg vekt på at tilgjengeleg vitskapleg basert informasjon når fram til forbrukarane på ein tenleg måte. Noreg må vere leiande på forsking innanfor områda framandstoff i sjømat og helsefremmande effektar av konsum av sjømat.
I tillegg til krav til fiskehelse og mattryggleik, har kvalitetskrav stor innverknad på omdømet til norsk sjømat i ulike marknader. Forhold knytt til mattryggleik og matkvalitet blir viktigare i internasjonal handel med sjømat. Forbrukarar over heile verda må oppleve at norsk sjømat er trygg og av rett kvalitet. Norsk sjømat skal produserast i samsvar med dei krava vi er forplikta til gjennom internasjonale avtaler. Den internasjonale handelen med sjømat må baserast på internasjonalt fastsette standardar. For at norsk eksport ikkje skal hindrast av urettvise importkrav, legg departementet vekt på at Noreg må vere leiande innan forsking og risikovurderingar på sjømatområdet. Dette legg grunnlaget for at vi blir høyrde i internasjonale fora som fastset regelverk og standardar.
Helse- og omsorgsdepartementet
Folkehelsearbeidet blir omtalt i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. I denne meldinga er ei av hovudmålsetjingane å medverke til fleire leveår med god helse i befolkninga, samt å redusere helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn.
Områda ernæring og mattryggleik er ein del av folkehelsearbeidet. Ernæringsarbeidet er nærmare omtalt i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg og ligg i hovudsak under Sosial- og helsedirektoratet, men Mattilsynet har og ei rolle i dette arbeidet. Det er derfor nødvendig og viktig med eit godt samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet. Dette er spesielt viktig i forhold til særskilte saker som merking av matvarer.
Arbeidet med trygg mat har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med mat og vatn, både på kort og lang sikt, samt å sikre ærleg omsetning av matvarer på den norske marknaden. Produksjon og omsetning av mat må finne stad under gode hygieniske forhold, slik at smittestoff og uønska framandstoff ikkje blir ført over til menneske med mat eller vatn. Departementet legg vekt på at maten skal vere trygg når den når forbrukaren, uavhengig av om den er produsert innanlands eller importert. Tilsynet skal leggast opp slik at ein sikrar at sluttprodukta er trygge gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda. Tilsyn med sluttprodukt er framleis nødvendig for å sikre og dokumentere at dei samla tiltaka i kvar del av matproduksjonskjeda har ønska verknad.
Merking av matvarer er eit område med mykje merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Departementet vil prioritere dette arbeidet i forhold til ærleg omsetning, for at forbrukarane skal få riktig informasjon, og for at forbrukarane lettare skal kunne velje sunn mat.
Ein grunnleggande føresetnad for arbeidet med trygg mat er god vitskapleg dokumentasjon av samanhengen mellom risikofaktorar og helse. Helse- og omsorgsdepartementet har det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mattryggleik, jf. kap. 710 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg. Departementet vil framleis ha fokus på å sikre gode rammevilkår for komiteen sitt arbeid, under dette god samhandling med Mattilsynet og andre institusjonar. Det blir lagt opp til god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA), noko som blir omtalt i kap. 703 i Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettframlegg
Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet vil ha særleg fokus på å sikre at innsatsvarer og primærproduksjonen er slik at sluttprodukta kan fylle matpolitiske mål når det gjeld helse, miljø og omsynet til forbrukarane sine ønskje. Ei viktig oppgåve er òg å sikre den nasjonale matforsyninga. Verkemidla skal stimulera til ein berekraftig matproduksjon med god plante- og dyrehelse og eit etisk forsvarleg dyrehald.
Departementet legg vekt på å følgje opp tiltaka som blei lagt fram i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd som fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling.
Heilkjedeperspektivet femner òg om varehandelen der forbrukaren møter varene. Departementet vil i samråd med bransjen arbeide for at fleire nye og lokale produkt når fram til forbrukarane.
Forbrukarane sine ønskje og preferansar vil bli tillagt vekt i utforminga av matpolitikken. Samtidig vil ein arbeide for å auke forbrukarane sin kunnskap om mat og matproduksjon. Forbrukarpolitiske omsyn er aktuelle langs heile produksjonskjeda. Departementet vil i aukande grad sjå desse problemstillingane i samanheng med annan verkemiddelbruk i landbruket. Målsetjinga er å danne grunnlag for ei heilskapleg og konsistent utvikling av landbruks- og matpolitikken.
Departementet ønskjer å leggje til rette for eit kosthald som gir grunnlag for god folkehelse. Undersøkingar har vist at fleire praktiske forhold rundt korleis matvarene er tilgjengelege for forbrukarane har stor innverknad på det daglege kosthaldet. Det var i 2005 sett av 5 mill. kroner på kap. 1149 til ulike prosjekt for å prøve ut produksjon og levering av lokal mat til måltid i skolane, økologisk mat i skolemåltid og elevaktivitetar for produksjon av mat, skolemåltid m.m. Det er starta opp fleire prosjekt for å vidareutvikle kvalitet, mangfald og produkt tilpassa målgruppa barn og unge. Tiltak for å prøve ut ulike formar for skulemåltid og for å auke forbruk av frukt og grønt har vore ei viktig prioritering. Vidare har tiltak for barn og unge hatt stor plass i landbruket si markering av unionsoppløysinga. Erfaringane frå prosjekta er gode, og departementet vil føre vidare arbeid på området i 2006.
Departementet legg vekt på å fremme verdiskaping og mangfald på matområdet. Til dømes er norsk matkultur og reiseliv eit område med mange utviklingsmoglegheiter der ein kan auke opplevingane og gleda knytt til måltidet og maten, jf. kat. 15.30. Ein vil gjennom regelverk og rettleiing leggje til rette for mindre verksemder. Auka kompetanse i heile matproduksjonen om handtering av råvarer og matprodukt er eit anna verkemiddel, jf. kap. 1115. Oppbygging av kompetanse og vidareutvikling av tilsynet si rolle som rettleiar er viktig i denne samanhengen.
Landbruks- og matdepartementet vil som administrativt ansvarleg departement, ha særleg merksemd mot at Mattilsynet utviklar seg i samsvar med måla for matforvaltningsreforma. I 2006 er det viktig å halde fram omstillingsarbeidet på ein slik måte at ein kan utvikle eit einskapleg, heilskapleg og effektivt tilsyn på dette omfattande området. Òg i 2006 gir effektiviseringsgevinstar av reforma grunnlag for lågare kostnader for brukarane.
Mål for løyvinga innan programkategori 15.10
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Bioforsk og Veterinærinstituttet. For Veterinærinstituttet syner ein òg til St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Fiskeri- og kystdepartementet. For Vitskapskomiteen for mattryggleik syner ein til St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Helse- og omsorgsdepartementet. Budsjettframlegget er viktig i forhold til dei fleste av regjeringa sine matpolitiske mål, og skal særleg medverke til å nå måla som er nedfelt i matlova, dyrevernlova, kosmetikklova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanhang med matproduksjon.
Budsjettframlegget under kategorien omfattar ikkje næringspolitiske verkemiddel i matpolitikken ut over det arbeidet Mattilsynet, Bioforsk og Veterinærinstituttet gjer for å medverke til verdiskaping. Til dømes vil arbeidet for å fremme god plante- og dyrehelse medverke positivt til verdiskapinga i matproduksjonen. Likeeins vil utvikling av eit tenleg regelverk og aktiv rettleiing innan saksområda, leggje til rette for kompetanseheving hos næringsutøvarane, og i så måte støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.
Status samt endringar i budsjettrammene og i gebyr og avgifter
Status for matforvaltningsreforma
Dei organisatoriske endringane blei gjennomført ved etablering av Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik, samt reorganisering av laboratorietenestene i 2004. Det er òg arbeidd med roller og ansvarsområde for FoU- verksemdene. Etableringa av Mattilsynet var ein stor reform i norsk forvaltning der medarbeidarar som utførte om lag 1 300 årsverk i fire statlege og meir enn 80 kommunale og interkommunale tilsyn blei samla i ei statleg verksemd med tre ulike forvaltningsnivå. Dei fleste funksjonane fekk ny organisatorisk og geografisk plassering, og mange tilsette fekk derfor nye oppgåver og ny arbeidsstad. To regionkontor skal løyse oppgåver for heile verksemda på område som økonomiforvaltning, IT, post, og arkiv.
Omstillingsarbeidet i Mattilsynet er krevjande. Omstillingstiltaka er ein føresetnad for ein vellukka reform og er viktige for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. Mattilsynet prioriterer omstillingsarbeidet høgt. I tillegg til dei løyvingane som er gitt til omstilling, har det vore nødvendig for Mattilsynet å nytte av dei ordinære driftsmidla til omstillingstiltak. Dette er ein viktig årsak til at Mattilsynet sitt budsjett til ordinær drift har vore stramt i 2005, og at ein del aktivitet måtte reduserast. Ei fersk undersøking viser at Mattilsynet er ei av dei offentlege verksemdene som har stor tillit i samfunnet.
Matforvaltningsreforma gir effektiviseringsgevinstar
Departementa har gått grundig gjennom omstilling, effektivisering og nye satsingar. Effektiviseringsarbeidet i Mattilsynet går i hovudsak føre seg etter planen, men arbeidet med utvikling av nye fagdatasystem er noko forsinka. Departementa har arbeidd vidare med å vurdere effektiviseringspotensialet i Mattilsynet og når gevinstane kan bli tatt ut.
I St.prp. nr. 1 (2003-2004) Tillegg nr. 8 blei det signalisert eit mål om at matforvaltningsreforma samla sett skal gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst., og at hovuddelen av potensialet kunne takast ut i 2006. Budsjettframlegget legg til grunn at det i 2006 blir gjennomført effektivisering på 18 mill. kroner i Mattilsynet. Det er med dette samla gjort særskilte effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 68 mill. kroner sidan etableringa, eller knapt 7 pst. av den referanseramma som effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Ein vesentleg del av effektiviseringsgevinsten er med dette henta ut. Departementa arbeider ut frå at eit mål om at matforvaltningsreforma skal gi effektiviseringsgevinstar i Mattilsynet på 10 pst. Det blir lagt opp til at dette målet skal vere nådd i 2008. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein samfunnsøkonomisk gevinst gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd.
Reduserte omstillingskostnader
Mattilsynet sitt budsjett er redusert med 58 mill. kroner som følgje av reduserte omstillingskostnader. Det er i alt sett av 35 mill. kroner til omstillingstiltak i 2006, jf. kap. 1115.
Satsingar på matområdet
Mattilsynet sitt budsjett er styrka med 15 mill. kroner for å kunne auke innsatsen innan hovudområda; tilsyn med sjømatsektoren og styrking av særskilt prioriterte område knytt til mattryggleik og forbrukaromsyn, jf. nærmare omtale i kap. 1115.
Reduserte avgifter og gebyr
Dei reduserte kostnadane for Mattilsynet i 2006 vil komme brukarane til gode gjennom reduserte gebyr og avgifter. Det blir derfor gjort framlegg om reduksjon av satsane for matproduksjonsavgiftene for både norskproduserte og importerte varer med om lag 6 pst. i forhold til 2005.
Kjøttkontrollgebyret har omfatta ein del aktivitetar som ikkje direkte er knytt til sjølve kjøttkontrollen i den enkelte verksemda. For å få eit meir korrekt omfang av kva som skal finansierast gjennom gebyr, vil ein del aktivitetar som tidlegare blei finansiert av kjøttkontrollgebyret, bli overført til matproduksjonsavgiftene på norskproduserte, landbaserte animalske produkt. Budsjettert proveny frå kjøttkontrollgebyret blir redusert med om lag 20 pst. i forhold til 2005, tilsvarande ein heilårsverknad på om lag 26 mill. kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i matproduksjonsavgiftene for norskproduserte, landbaserte animalske produkt.
Kjøttkontrollgebyret blir i hovudsak utrekna på grunnlag av forventa tid til tilsynet etter ein standardisert modell. Gebyrmodellen legg såleis til rette for kostnadseffektiv drift både i verksemdene og i Mattilsynet. Store verksemder hadde i 2004 ein gjennomsnittlig gebyrkostnad på 45 øre/kg kjøtt, medan gebyrkostnaden i dei minste verksemdene hadde eit gjennomsnitt på 177 øre/kg. I enkelte verksemder utgjorde gebyrkostnaden fleire kroner pr. kg kjøtt. Gebyrmodellen er ikkje primært innretta på dei små verksemdene der gebyrkostnaden i blant blir opplevd som urimeleg høg i forhold til den tilsynstenesta som er ytt. For å medverke til at verksemder ikkje må betale meir enn tilsynet sine faktiske kostnader, m.a. ut i frå prinsippa i det nye hygiene- og kontrollregelverket, legg departementet opp til å etablere ein maksimalsats på kjøttkontrollgebyret slik at dette i 2006 ikkje utgjer meir enn 100 øre/kg kjøtt. Estimert provenytap knytt til denne maksimalsatsen er om lag 1 mill. kroner i tillegg til den generelle gebyrreduksjonen for alle verksemder som følgje av den tekniske endringa som er omtalt ovanfor.
Det vil bli arbeidd vidare med generelle kostnadsreduserande tiltak i kjøttkontrollen innan rammene av det nye kontroll- og hygieneregelverket.
I løpet av 2006 vil ein gjennomgå Mattilsynet sin finansieringsmodell, men allereie i løpet av 2006 vil ein gjennomføre enkelte endringar i ordninga med gebyr for særskilte ytingar for å gjere ordninga meir tenlig i forhold til næringsutvikling.
Status på fagområda
Beredskap
Ei viktig oppgåve for Mattilsynet er beredskap. Beredskapsorganiseringa skal vere fleksibel for å kunne ta seg av hendingar av ulikt omfang og alvor innan forvaltningsområdet. Mattilsynet har i 2005 lagt vekt på å få på plass ein administrativ beredskapsplan for betre å tilpasse fullmakter og ansvar til den nye organisasjonen. Vidare er dei faglege planane for tiltak revidert. Aktørane innanfor matforvaltninga og næringa har òg gjennomført øvingar i 2005. Øvingane gav svært nyttig erfaring ved å teste kvaliteten på viktige område som varsling, kommunikasjon, faglege tiltak og samordning og har gitt grunnlag for å gjennomføre forbetringar.
Forbrukarpolitikk på matområdet
Våren 2004 lanserte departementa med fagleg ansvar på matområdet og Barne- og familiedepartementet ein handlingsplan for forbrukarretting av matpolitikken. Denne planen presiserer mål, tiltak og verkemiddel for å styrkje forbrukarane sin påverknad på matpolitikken. Eit av tiltaka var vidareføring av prøveprosjektet med dei matpolitiske forbrukarpanela. I 2005 har departementa mottatt rapport om meiningane til panela om mat, ernæring og helse. Det blei òg arrangert ein dialogkonferanse for forbrukarpanela, aktørane i daglegvarehandelen og politikarar, kor tema var «Har vi dei matvarebutikkane vi fortener?». Innspela frå panela blir vurdert i utviklinga av matpolitikken. Prøveprosjektet er avslutta i 2005 og Statskonsult har evaluert prosjektet. På bakgrunn av evalueringa vil departementa vurdere om og i kva form dei matpolitiske forbrukarpanela skal vidareførast.
Plantehelse
God plantehelse gir grunnlag for betre produktkvalitet, nye moglegheiter i marknaden og miljøgevinst gjennom lågare bruk av plantevernmiddel. Førebyggjande tiltak, tilsyn med produksjon og import, forsking og samarbeid med produsentar og organisasjonar er viktig for å halde oppe og styrkje den gode plantehelsa i Noreg. Pærebrann er ei særskilt utfordring. For å hindre spreiing er det sett i verk overvaking og kontroll av dei viktigaste vertsplantene. Sjukdomen kan vere eit trugsmål mot fruktdyrkinga. Ein annan planteskadegjerar med stort skadepotensial, og som derfor krev særskilt merksemd, er soppen Phytopthora ramorum.
Innsatsvarer
Arbeidet på området skal medverke til at såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôr har tilfredsstillande kvalitet. Kadmium er eit uønska tungmetall i fôrvarer. I mars 2005 blei det påvist kadmiummengder som låg 15-20 gonger over øvre grense i to prøver av kufôr og svinefôr. Kadmiumet kom frå ureint sinksulfat som var importert.
Mattilsynet sette straks i verk eit forbod mot vidare sal av fôr der det var mistanke om at sinksulfat frå det aktuelle partiet kunne finnast. Det blei i ein periode innført krav om kassasjon av lever og nyrer ved slakting av landdyr. For oppdrettsfisk blei det dokumentert at innhaldet av kadmium i lever og nyrer ikkje var eit problem.
Eit samla mattilsyn med ansvar langs heile matproduksjonskjeda gjorde det mogleg raskt å gjennomføre effektive tiltak.
Med utgangspunkt i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel 2004-2008 blir arbeidet vidareført for å redusere bruken av plantevernmiddel og risikoen for helse og miljø.
Dyrehelse og zoonosar
Den norske dyrehelsa er framleis svært god. Det gjeld òg sjukdommar som smitter frå dyr eller fisk til menneske (zoonosar). Det er egne program for overvaking av zoonosar, zoonotiske smittestoff og antibiotikaresistens. Regelverket for kugalskap (BSE) og liknande sjukdommar (TSE) er under stadig utvikling. Etter at kugalskap blei påvist hos ei geit i Frankrike, er krava til overvaking av småfe ytterlegare utvida. Den atypiske skrapesjuken, Nor-98, som skil seg frå den klassiske skrapesjuken på mange vis, gir utfordringar for forvaltninga. Det er lagt ned mykje arbeid i forsking på denne sjukdomen.
Fiskehelse
Målet med fiskehelsearbeidet i oppdrett er å redusere tapa grunna sjukdom gjennom ein god samfunnsmessig kontroll med sjukdoms- og smittesituasjonen. Gjennom offentlege overvakingsprogram er det framleis dokumentert fråvær av dei alvorlege virussjukdommane infeksiøs hematopoetisk nekrose (IHN) og viral haemorrhagisk septikemi (VHS) hos laksefisk og bonamiose og marteiliose hos østers.
God fiskehelse er ein viktig føresetnad for ei positiv utvikling av akvakulturnæringa. Sjølv om smittestoffa har sitt opphav i vill fisk, er kontroll med smittestoffsituasjonen innan oppdrett òg viktig med tanke på å minske smittepresset i miljøet og dermed redusere bruk og utslepp av medikament. Særskilte utfordringar er knytt til kontrollen med parasittsjukdommar hos vill laksefisk. Lakselus og Gyrodactylus salaris utmerkar seg her, særleg fordi nedkjemping av parasittane har miljøkonsekvensar som er omstridde.
Helsesituasjonen i oppdrett kan generelt seiast å være tilfredsstillande Virussjukdommar er viktigaste årsak til tap. Infeksiøs lakseanemi (ILA) er framleis ei utfordring. Førekomsten av pancreas disease (PD) og hjarte- og skjelettmuskulaturbetennelse (HSMB) er aukande.
Velferd hos dyr og fisk
Arbeidet med å følgje opp tiltaka i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd er vidareført. Forskrifter om hald av småfe og hest følgjer opp dei tiltaka som meldinga la opp til. Nye reglar om fiskevelferd er tatt inn i forskrift om drift av akvakulturanlegg. Det blir arbeidd med utkast til ny dyrevernlov. Det er oppnemnt eit nytt Råd for dyreetikk.
Eit utkast til nytt regelverk for regulering av innførsel, produksjon og omsetning av skinn og skinnprodukt blei sendt på høyring våren 2005.
Dyrehelsepersonell
Konflikten om den kliniske veterinærvakta tidleg i 2005 skapte meirarbeid for Mattilsynet.
Det oppstod òg ein krevjande situasjon for mange av Mattilsynet sine medarbeidarar i denne situasjonen. Mattilsynet har utanom ordinær arbeidstid beredskapsvakt m.a. for offentlege tiltak mot dyresjukdommar og dyrevernsaker. Veterinærar i Mattilsynet som hadde slik vakt, blei særleg eksponert for saker som utløyste ei hjelpeplikt overfor publikum. Denne hjelpeplikta var knytt til autorisasjonen som veterinær og var ikkje ein del av oppgåvene dei hadde som medarbeidarar i Mattilsynet.
Det blei opna for avgrensa rett for fiskehelsebiologar til å rekvirere reseptpliktige lækjemiddel til akvakulturdyr.
Mattryggleik
Dei fleste tilfella av sjukdom som kan bli overført gjennom mat eller vatn, blir ikkje melde og årsaka til sjukdom blir såleis ikkje stadfesta. I dei tilfella der årsaka er kjent, er talet på tilfelle av dei mest vanlege meldepliktige sjukdommane ganske stabilt. Noreg har framleis relativt lite sjukdom grunna smitte med salmonellabakteriar. Rundt 80 pst. av dei som får salmonellose, er smitta i utlandet.
I Noreg er campylobacteriose den mest vanlege sjukdommen som kan bli overført gjennom mat og vatn. Rundt halvparten av dei som blir sjuke, er smitta innanlands. Risikofaktorar er inntak av ikkje-desinfisert vatn i skog og mark og på hytter om sommaren, utilstrekkeleg hygiene ved matlaging utandørs og uhygienisk kontakt med levande dyr.
Når det gjeld ikkje meldepliktige sjukdommar som kan bli overført gjennom mat og vatn, er det framleis grunn til å tru at dei er årsak til mange sjukedagar. Samfunnskostnadane ved slike sjukdommar er monalege og ofte undervurdert. Det kjem ikkje av at kvar enkelt til vanleg blir råka særleg hardt, men av at talet på dei som blir sjuke, er høgt. Vanlege risikofaktorar er inntak av ureint drikkevatn frå mindre vassforsyningar og uhygienisk handtering og oppbevaring av mat i næringsmiddelverksemder og i heimen.
Det er framleis nødvendig med stor innsats for å sikre god hygiene i matproduksjonskjeda slik at førekomsten av sjukdommar som kan bli overført med mat og vatn blir redusert.
Nye undersøkingar syner at i forhold til mattryggleik er forbrukarane mest engstelege for miljøgifter i mat. Overvaking av inntaket av framandstoff er eit viktig tiltak for å sikre folkehelsa. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk et av dei ulike matvarene og innhaldet av framandstoff i desse matvarene. Mattilsynet samarbeider m.a. med Sosial- og helsedirektoratet for å oppdatere eksisterande konsumdata og utvide talet på matvarer som ein har konsumdata for.
Radioaktivitet i beiteplanter etter Tsjernobylulykka blir gradvis redusert, men behovet for nedfôring av beitedyr (sau og tamrein) varierer frå år til år ut frå vêrtilhøva. Utviklinga når det gjeld restar av plantevernmiddel i matvarer er positiv. Når det gjeld sjømat og akvakulturprodukt, har det framleis vore merksemd kring innhald av dioksinliknande stoff. Mattilsynet har utvida sitt overvakings- og kontrollprogram på innhald av uønskte framandstoff i sjømat. Det er ikkje funne verdiar over det som er lovlege grenseverdiar av noko stoff. Overvakingsprogrammet for algegift i blåskjel er vidareført i 2005.
Som ei oppfølging av barnematforskrifta har alle barnematprodukt som blir omsett på den norske marknaden blitt kartlagt og registrert i ein database med informasjon om m.a. ingrediensar og næringsinnhald.
Det er eit mål at Noreg skal ha eit regelverk for genmodifiserte produkt som sikrar forbrukarane sine interesser. Styresmaktene på matområdet spelar derfor ei aktiv rolle i EU sine organ og i globale fora som Codex Alimentarius Commission og Cartagena-protokollen. Aukande innblanding av genmodifisert materiale i mat, fôr og innsatsvarer er ei utfordring for forvaltninga av området. Det norske regelverket inneheld krav til godkjenning og merking av aromastoff, tilsettingsstoff og fôrvarer i tillegg til matvarer. Krava er harmonisert med EU sitt regelverk ved nasjonal gjennomføring i påvente av innlemming av regelverket i EØS-avtala. Styresmaktene har med dette sørgja for større produkttryggleik, samt at forbrukarane, primærnæringane og prosessindustrien får betre informasjon om innhald av genmodifisert materiale i slike produkt. Alle produkt skal vere godkjende før omsetning. Mattilsynet vil utarbeide rettleiingsmateriale og retningsliner til hjelp for aktørane.
Utfordringar (mål og tiltak)
Regelverket på matområdet er i hovudsak ein del av EØS-avtalen. EU har vedteke eit nytt samla og heilskapleg regelverk for hygiene og kontroll langs heile matproduksjonskjeda. Det nye regelverket gir grunnlag for auka mattryggleik og eit meir målretta tilsyn. På mange område blir detaljerte regelverk erstatta med meir målretta og funksjonelt regelverk. Det nye regelverket fører vidare det meste av tidlegare hygienekrav, men stiller strengare krav til eigenkontroll i verksemdene. Ein hovudskilnad frå tidlegare regelverk er at all primærproduksjon blir omfatta med omsyn til hygienekrav. På enkelte avgrensa område er det rom for å fastsette reglar nasjonalt. Utkast til nytt norsk gjennomføringsregelverk er sendt på høyring. Regelverket er førebels ikkje tatt inn i EØS-avtalen. Dei nye reglane er meir generelle, enklare utforma og blir samla i færre forskrifter. Det blir lagt vekt på å utnytte fleksibiliteten i regelverket slik at ein både sikrar mattryggleiken og tek omsyn til små og store verksemder. Det nye regelverket strekar under verksemdene sitt ansvar for å etterleve regelverket, og for å dokumentere dette. Det er viktig at Mattilsynet aktivt rettleiar næringsaktørane om regelverket og er medvetne om fleksibiliteten. Gjennom dette vil ein leggje til rette for auka kompetanseheving hos næringsaktørane og slik støtte utvikling av næringsverksemd på matområdet.
EU har varsla ein gjennomgang og modernisering av regelverket på fleire viktige område, m.a. merking, medisinbruk og reststoff og dyrehelse. Det er viktig å følgje desse prosessane med omsyn til norske interesser og haldningar.
Gjennom aktivt å nytte forskingsresultat på dyrehelseområdet og ta del i førebyggjande og framtidsretta arbeid i samarbeid med andre land, kan Noreg tryggje husdyra si helse, redusere faren for sjukdom som kan smitte frå dyr til menneske og optimalisere produktiviteten. Auka eksport av avlsmateriale er eit resultat av m.a. dokumentasjon av god dyrehelse.
Det internasjonale engasjementet på dyrehelseområdet krev aktiv norsk innsats og gir oss del i god og rask informasjon om situasjonen i verda. Ei særleg utfordring i det internasjonale arbeidet er sjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske (zoonosar). Eit aktuelt døme er fugleinfluensa. Noreg vil følgje aktivt opp m.a. gjennom auka overvaking.
For å realisere verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa og styrkje marknaden for norsk sjømat er det nødvendig at fiskevelferd, fiskehelse, mattryggleik og matkvalitet er av høg standard. God fiskehelse gjennom heile produksjonskjeda gir grunnlag for lønnsam produksjon. Når det gjeld tap for dei enkelte sjukdomane i norsk akvakultur har ein så langt ikkje hatt eit godt og einskapleg nasjonalt opplegg for å framskaffe tal og data, eller berekningsmodellar for tap. Det er i denne samanhengen eit særskilt problem at det ikkje fins system for rapportering av sjukdom anna enn den melde- og rapporteringsplikta som gjeld for alvorlege smittsame sjukdommar. Utvikling av eit generelt meldeverktøy for fiskesjukdom er ei utfordring, jf. kap. 1023 i St.prp. nr. 1 (2005-2006) frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Nytt EØS- regelverk vil stille nye krav til tilsyn i område med skjeloppdrett, med omsyn til miljø, drift og smitte både i området og i det enkelte anlegget. Dette vil forbetre overvakinga av den hygieniske kvaliteten og mattryggleiken i skjelprodukta. Det vil bli lagt vekt på at skjel som haustast ikkje inneheld m.a. algegift.
Det er eit auka fokus på framandstoff i fisk og helsekonsekvensane av dette. Det blir stilt stadig strengare krav, både frå styresmakter i andre land og forbrukarar, til dokumentasjon av innhald av ulike, potensielt skadelege stoff i sjømat. Risikovurderingar som er basert på vitskapeleg dokumentasjon er viktig for forvaltning av området. Dette har avgjerande innverknad på norsk sjømateksport. Forbrukarane må ha tillit og tilgang til informasjon kring desse spørsmåla. Politikken på sjømatområdet skal utviklast vidare innan risikovurdering, risikohandtering og risikokommunikasjon.
I St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnare Noreg tek regjeringa opp både mattryggleik og tiltak for å nå det matpolitiske målet om eit sunt kosthald som grunnlag for god folkehelse. Ernæringsarbeidet blir nærmare omtalt i budsjettframlegget for Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 719 og kap. 720. Mattilsynet er ein viktig aktør i ernæringsarbeidet gjennom utvikling av regelverk som verkar inn på den ernæringsmessige samansettinga av matvarer, og som ein lokal samarbeidspartnar.
Budsjettframlegget er sentralt i forhold til regjeringa sitt matpolitiske mål om å ha dialog med forbrukarane og å ta omsyn til forbrukarane sine interesser. Det er eit ønskje å skape betre balanse mellom forbrukarinteresser og næringsinteresser. Ein vil derfor m.a. styrkje forbrukarane sine forhold til å gjera val basert på informasjon og innsikt. Handlingsplanen for forbrukarretting av matpolitikken, som gjeld for matdepartementa og Barne- og familiedepartementet, gjeld ut året 2005. Departementa vurderer korleis ein vidare skal organisere arbeidet for å styrkje målet om dialog og omsyn til forbrukarane sine interesser.
Arbeidet med å følgje opp St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd må førast vidare. Forbrukarane syner aukande interesse for husdyrhald og husdyrproduksjon. Det er fokus på korleis dyra har hatt det på garden, under transport og på slakteriet. Òg ved hald, transport og slakting av fisk, må det takast etiske omsyn ut frå dei særskilte tilhøva som gjeld for fisk. Eit utkast til ny dyrevernlov er under sluttføring. Det blir arbeidd med å etablere ei plattform for alternativ til bruk av dyr i forsking.
Landbruks- og matdepartementet har vurdert tiltak for å sikre tilgang på kliniske veterinærtenester i område med svakt næringsgrunnlag for slike tenester. Det et sett i gang arbeid med å førebu at kommunane skal få eit ansvar for dette. Samtidig tek departementet sikte på å overføre ansvar for vaktordningar for veterinærar til kommunane frå 2007. Landbruks- og matdepartementet har sett ned eit utval som skal gjennomgå storleik og tal på vaktområde for veterinærar, samt ei tilpassing av bemanning av områda etter behov, jf. Innst. S. nr. 180 (2004-2005) og Stortingets vedtak nr. 350. Dette er eit viktig tiltak i arbeidet med å leggje auka ansvar og oppgåver til kommunane på område der dette vil gi betre lokale tilpassingar av politikken og den landbrukspolitiske forvaltninga.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 63 137 | 65 285 | 71 010 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Planteforsk | 40 694 | 42 079 | 44 885 |
52 | Støtte til fagsentra, Planteforsk | 13 521 | 13 981 | 15 228 |
Sum kap. 1112 | 117 352 | 121 345 | 131 123 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit forskingsinstitutt innan dyre- og fiskehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Instituttet er eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter og tilpassa finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.
Veterinærinstituttet mottek løyving til oppgåvene innan dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik frå Landbruks- og matdepartementet. Løyving til oppgåvene innan fiskehelse og sjømattryggleik ligg på Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett.
Veterinærinstituttet har kompetanse innan fagområde som er viktig for beredskap og førebygging av sjukdommar. Slik kunnskap er ein viktig del av avgjersgrunnlaget for vedtak innan forvaltning og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar.
Mål og strategiar
Instituttet har som mål å vere ein viktig nasjonal og internasjonal leverandør av kunnskap og kompetanse innan mattryggleik og innan helse og velferd hos dyr og fisk.
For å nå desse måla må Veterinærinstituttet m.a.:
vidareføre forskinga innan kjerneområda til instituttet
styrkje beredskap, diagnostikk, overvaking og referansefunksjonar gjennom forsking og effektivisering
gi høg prioritet til sjukdommar og agens som kan påverke helsa hos menneske
utvikle velferd hos dyr som fagområde
ha ein organisasjonsstruktur som er optimal for verksemda
styrkje samarbeidet med nasjonale og internasjonale institusjonar
Med sin kompetanse skal Veterinærinstituttet medverke til ei lønnsam og levedyktig næring tilknytt forvaltningsområdet.
Resultatrapport 2004
Veterinærinstituttet si forvaltningsstøtte har vore konsentrert om kjerneområda beredskap, diagnostikk, sjukdomsførebygging, overvaking, referansefunksjonar, rådgjeving og risikovurderingar i forhold til mattryggleik og helse hos landdyr. Den faglege og vitskaplege produksjonen har som tidligare år vore omfattande. Etablering av gode rutinar for samhandling med det nye Mattilsynet blei gitt høg prioritet. Det er lagt auka vekt på kommunikasjon som strategisk verkemiddel.
Landsdekkande beredskap og truverdig overvaking og kontroll er ein føresetnad dersom vi framleis skal oppretthalde den gode standarden på fôr, dyr og mat i Noreg. Årsrapporten for 2004 frå Veterinærinstituttet og rapporten frå Mattilsynet sine overvakingsprogram for dyrehelse og fiskehelse har fleire gode døme på at god beredskap, vitskapleg basert overvaking og anna verksemd ved instituttet har ført til nødvendige og effektive tiltak.
Overvakingsprogrammet for Salmonella i dei norske husdyrpopulasjonane dokumenterar at situasjonen framleis er særs god. Òg på eit anna område er den norske dyrehelsa unik i eit internasjonalt perspektiv, nemlig ved at det heller ikkje i 2004 blei påvist antistoff mot viktige virussjukdommar hos gris som i enkelte land gir store direkte og indirekte tap.
Metodeverktøya er under kontinuerleg oppdatering, m.a. ved at genteknologiske teknikkar blir tatt i bruk. Svartida for påvisning av eit viktig smittestoff hos fjørfe (campylobacter) som kan overførast til menneske, er redusert med 36 timar etter at bakteriologisk dyrking blei erstatta av genteknologiske teknikkar. Arbeidet med å førebyggje campylobacter hos fjørfe blei dermed ytterlegare styrka. Delen flokkar som var positive for campylobacter, er relativt låg i Noreg. I 2004 var prosent positive flokkar ytterlegare redusert, til 3,3 pst. Dette vil truleg ha effekt på talet på tilfelle av campylobacterinfeksjonar hos menneske.
Funn av fugleinfluensavirus hos ei vill stokkand er eit døme på god diagnostisk beredskap. Granskingar av det isolerte viruset viste at det var ein lite sjukdomsframkallende type. Funnet av dette viruset syner at ville dyr kan introdusere smitteemne som kan gi tapsbringande sjukdommar hos produksjonsdyr. Kunnskap om fugleinfluensaviruset er òg viktig på grunn av risikoen for sjukdom hos menneske. I ei anna gransking blei det påvist eit virus som har stor likskap med det viruset som fører til SARS hos menneske.
Sjukdommar med lang inkubasjonstid har vore ei prioritert oppgåve ved Veterinærinstituttet heilt sidan det blei grunnlagt. Tuberkulose hos storfe som òg kan smitte menneske, blei utrydda for meir enn 40 år sidan. No blir det lagt vekt på mindre alvorlege tuberkelbakteriar som finst hos dyr og som kan gje sjukdom hos enkelte menneske. Samanliknande granskingar av slike bakteriar tyder på at smitte frå fugl til menneske førekjem sjeldan. Derimot kan ein ikkje sjå bort frå at enkelte av desse bakteriane frå gris kan gi sjukdom hos menneske.
Utvikling av nye matvarer basert på norske råvarer skapar grunnlag for verksemder i bygde-Noreg. Upasteurisert mjølk er eit godt råstoff for nye produkt. Samtidig vei vi at bakteriar som finst i juret hos ku og geit, produserar giftstoff som kan gi svært alvorlege matforgiftingar hos menneske. Veterinærinstituttet tek derfor del i arbeidet med å betre den bakteriologiske kvaliteten i upasteurisert mjølk som blir nytta som råstoff for produksjon av ost og andre produkt.
EU har på visse vilkår godkjent fleire genmodifiserte organismar (GMO) for bruk i ulike fôr og matvarer. Norske styresmakter har vore meir restriktive. Det er derfor avgjerande å ha gode metodar som kan påvise og kvantifisere GMO i mat og fôr. I 2004 er testane blitt ytterligare forbetra, m.a. ved at nyare genteknologiske metodar er tatt i bruk i arbeidet med å identifisere GMO i mais og andre kornartar.
Arbeidet med å auke kunnskapen om den atypiske forma for skrapesjuke (NOR 98) held fram i 2004. Denne sjukdommen blei oppdaga av forskarar ved Veterinærinstituttet, og den har seinare blitt påvist i fleire land i Europa. Kunnskap frå Noreg innan dette området er ein viktig del av grunnlaget for at EU no vurderar å endre tiltaka mot skrapesjuke.
Budsjettframlegg 2006
Veterinærinstituttet vil vidareføre kjerneoppgåvene knytt til beredskap, diagnostikk, referansefunksjonar, overvaking og rådgjeving, og skal framleis vere ein sentral leverandør av kunnskap innan kjerneverksemdene både til Mattilsynet og departementa. Veterinærinstituttet skal ha habilitet og integritet som produsent og formidlar av forskingsbasert kunnskap.
Kunnskapsutvikling og -formidling til Mattilsynet omfattar m.a. raske og kvalitetssikra svar basert på analytisk og diagnostisk kompetanse. Mattilsynet treng òg råd og forskingsbaserte vurderingar innan infeksjonsmedisin og toksikologi for dei tiltak som dei skal setje i verk for å nedkjempe, førebyggje eller kontrollere sjukdommar. Veterinærinstituttet må vidareutvikle kompetansen om behandling av helse- og sjukdomsdata innan kjerneverksemdene for å kunne gi optimal rådgjeving til Mattilsynet og grunnlagsmateriale til Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Samarbeidet med FoU-institusjonar på matområdet må utviklast vidare. Dei regionale laboratoria er viktige i instituttet sitt arbeid for å fange opp nye sjukdommar og overvake sjukdommar og helseproblem.
Sjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske (zoonosar) har vore og er framleis viktige område for Veterinærinstituttet. Instituttet skal prioritere diagnostikk med kvalitetssikra metodar og medverke i overvaking og rapportering av zoonosar og zoonotiske smitteemne i fôr, dyr og mat, og ha referansefunksjonar på området. Instituttet skal òg medverke til å førebyggje zoonosar hos dyr og bidra med sin kompetanse ved oppklaring av utbrot årsaka av zoonotiske smitteemne.
Veterinærinstituttet har ei viktig rolle ved å vidareutvikle påliteleg metodikk for påvising og mengdebestemming av GMO i fôr og mat, og å framskaffe anna kunnskap som grunnlag for risikovurderingar i samband med bruk av produkt med GMO.
Veterinærinstituttet vil vidareføre samarbeidet med Nasjonalt folkehelseinstitutt for å forbetre metodane for påvising av viktige allergiframkallande stoff i mat. Instituttet skal òg medverke til å utvikle prosessar som reduserer mengda av slike stoff ved framstilling av mat.
Merksemda kring dyrehald i samfunnet aukar. Veterinærinstituttet skal vidareføre arbeidet med å styrkje og formidle kunnskap om velferd hos dyr. Instituttet må ha brei kompetanse knytt til velferd hos landdyr. Når det gjeld fisk, er det særleg samanhangar mellom helse og velferd som Veterinærinstituttet skal arbeide med.
Internasjonalt arbeid, m.a. samarbeid og kontakt med vitskaplege institusjonar i andre land, må utviklast vidare. Dette gjeld m.a. samarbeid med dei nye medlemslanda i EU.
Kompetansen ved instituttet skal òg kunne nyttast av andre offentlige institusjonar og næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til instituttets som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Planteforsk
Planteforsk er eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter og tilpassa finansieringsstrukturen med basisfinansiering frå Noregs forskingsråd, jf. kap. 1137 post 51.
I tråd med Stortingets behandling i revidert nasjonalbudsjett for 2005 vil etablering av Bioforsk som eit forvaltingsorgan med særskilte fullmakter frå 01.01.2006 bli lagt fram i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2005-2006). Her vil ei plan for struktur- og omstillingstiltak, inkludert behovet for omstillingsmidlar inngå, jf. omtale under kat. 15.20.
Landbruks- og matdepartementet sitt utgangspunkt er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk vil inngå i den nye verksemda. Jordforsk sitt representantskap vil ta endeleg stilling til nødvendige endringar i vedtektene i oktober 2005. Tilleggsnummeret vil omtale den nye institusjonen, konkret forslag om etablering, samt økonomiske konsekvensar. Planteforsk sine oppgåver innan beredskap, kunnskapsutvikling og -formidling skal vidareførast i Bioforsk. Resultatrapport for 2004 gjeld derfor Planteforsk, medan tekst og framlegg om løyving for 2006 gjeld dei oppgåvene som blir overført frå Planteforsk til Bioforsk. Tilleggsproposisjonen vil gi ei fullstendig omtale av Bioforsk sine mål, strategiar og oppgåver i 2006.
Mål og strategiar
På Planteforsk sine område skal Bioforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling innan planteproduksjon og eit nasjonal kompetansesenter i plantefaglege spørsmål. Bioforsk har som mål å utvikle kunnskap og metodar som medverkar til:
effektiv og konkurransedyktig planteproduksjon i heile landet
miljøvennlege produksjonsformer, inkludert økologiske
god plantehelse
rasjonell og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget
trygg mat fri for plantevernmiddel
redusert avrenning frå jordbruksareala
å nytte naturgrunnlaget i nye næringar
Strategiane for å nå desse måla er:
rett kompetanse
kvalifiserte og dyktige medarbeidarar
tilpassa organisasjon og leiing
nært samarbeid med Forsøksringane og andre FoU-organisasjonar
nært samarbeid med næringslivet gjennom brukarstyrt forsking og utvikling
regional forankring
Resultatrapport 2004
Beredskap, utviklingsoppgåver og kunnskapsformidling har eit langsiktig perspektiv der fleire aktørar medverkar.
Med utgangspunkt i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel 2004-2008 har Planteforsk skaffa fram meir kunnskap om integrert plantevern (skadetersklar, prognosar og varsling m.m.). I samarbeid med forsøksringane har Planteforsk utarbeidd retningsliner for integrert plantevern i ei rekkje enkeltkulturar. Det trengst framleis forskings- og utviklingsarbeid for å utvikle nye metodar for integrert plantevern. Prognosar og varsling innan planteskadegjerarar er ein viktig del av dette arbeidet.
Forsking på miljøkonsekvensar av plantevernmiddel har sett Planteforsk i stand til å utvikle viktige verktøy for å redusere risikoen for forureining.
Det er arbeidd med å utvikle og innarbeide nye metodar for analysering av plantemateriale. Det blir lagt stor vekt på å få utvikla DNA-baserte metodar. Førebels resultat med DNA-baserte metodar for påvisning av rundorm i planteprøver er lovande. Med bakgrunn i arbeidet med nye diagnosemetodar har Planteforsk høg fagleg kompetanse som i aukande grad blir nytta i diagnosearbeidet.
Planteforsk har utvikla nye metodar for balansert gjødsling som reduserer behovet for gjødsel (startgjødsling i korn, nitrogenprognosar, delt og meir tilpassa gjødsling). Sjølv om bruken av gjødsel har auka noko dei siste åra, kan ein vente ein nedgang når fleire tek i bruk desse metodane.
Kostnadane og produktprisane er høge i økologisk landbruk. For å auke etterspurnaden etter økologiske produkt er det viktig å få ned prisen på produkta. Planteforsk arbeider med å utvikle metodar for lønnsam økologisk planteproduksjon i heile landet. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å utvikle dyrkingsmetodar for ein lønsam og berekraftig økologisk kornproduksjon, noko som er nødvendig for å kunne auke omfanget av omlegging til økologisk produksjon. Òg innan konvensjonell dyrking er det stor interesse for resultata frå forsking på økologiske dyrkingsmetodar.
Planteforsk har gjennomført prosjekt med ekstensive driftssystem med omsyn til fôrproduksjon og kulturlandskap i marginale jordbruksareal. Dette fordi slike areal blir mindre lønnsame i ein intensiv produksjon av landbruksvarer.
Planteforsk har, med grunnlag i forsking på beitevekstar og beitesystem, utarbeidd nettsida - Råd om beiting - om praktisk planlegging for økonomisk utnytting av beiteressursane.
Planteforsk har samarbeidd med kraftfôrindustrien og Noregs landbrukshøgskole (Universitet for miljø- og biovitenskap) for å auke mengda av norskprodusert råvare i kraftfôrblandingane, gjennom betring av kvaliteten på det norske fôrkornet og auka dyrking av erter og oljevekstar
Planteforsk har i samarbeid med næringa og andre forskingsinstitusjonar arbeidd for å auke marknadsdelen for norske matpoteter og grønsaker.
Planteforsk har sekretariatsoppgåva for Genressursutval for kulturplanter. Den samla aktiviteten til utvalet utgjer Nasjonalt program for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar til matproduksjon og landbruk. Ei av utvalet sine viktigaste oppgåver er å skaffe oversyn over kva som finst av genressursar i norske kulturplanter.
Kunnskapsformidling er ei sentral og omfattande oppgåve innan alle fagområda i Planteforsk. Planteforsk hadde omfattande kunnskapsformidling i eigen publikasjon, Grøn Kunnskap og i andre fagtidsskrift. Nettbasert informasjon blir òg mykje nytta.
Budsjettframlegg 2006
Framlegget omfattar finansiering av kunnskapsutvikling og -formidling til forvaltninga, kompetanse innan fag og diagnostikk som er viktig i beredskapssamanheng og oppgåver knytt til næringsutvikling.
Budsjettet er redusert med 1 mill. kroner då denne løyvinga ikkje lenger vil omfatte oppgåver innan planteforedlingsforsking. Midlane er flytta til kap. 1143 post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering.
Bioforsk skal vidareføre desse oppgåvene som i dag blir utført i Planteforsk:
effektiv diagnostisering av planteskadegjerarar.
vere kunnskapsbase for forvaltning på plantehelseområdet
skaffe data om ulike plantesortar som grunnlag for godkjenning/rettsvern av norske og utanlandske plantesortar
skaffe kvalitetssikra data som grunnlag for godkjenning av plantevernmiddel til bruk i norsk planteproduksjon
ha data og modellar som grunnlag for betre tilpassa gjødsling i heile landet. Dette skal gje grunnlag for betre utnytting av gjødsla og redusert næringsavrenning
skaffe sikre måle- og analysedata for næringssalt og plantevernmiddel i avrenningsvatn til jordsmonnovervakingsprogrammet
kunne gjennomføre effektive og kvalitetssikra analysar av restar av plantevernmiddel i norske og importerte vegetabiler som grunnlag for effektiv matvarekontroll
gjennomføre langvarige gjødsel-/referanseforsøk for å dokumentere langtidsverknaden av ulike tiltak i jordbruket
vidareutvikling av automatiske rettleiingstenester
Viktige næringsretta oppgåver er:
skaffe dyrkarane plantemateriale av godkjente sortar og som er fritt for skadegjerarar
drive utprøving og medverke til redusert bruk og redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel
redusere kostnadene i plante- og grovfôrproduksjonen
medverke til aktivt landbruk i dei nordlegaste delane av landet
gjere forskingsresultat tilgjengelege for brukarane
ha kunnskap om kulturmark, beiting, biologisk mangfald m.m. utifrå eit kulturlandskaps- og dyrkingssynspunkt
skaffe fram meteorologiske data for varslingsteneste og forsking
fremme kunnskap om effektive dyrkingssystem som reduserer faren for avrenning av næringsstoff
gi presise råd til rådgjevingsteneste og dyrkarar om bruk av plantevernmiddel og gjødsel
For nokre av desse tenestene blir det kravd ein eigendel frå brukarane.
Nordnorsk kompetansesenter skal skape, ta i mot, forme og realisere idéar om nyskaping gjennom å utnytte naturgitte forhold og ressursar i den nordlege landsdelen. Senteret skal ha kunnskap om dei ulike fagmiljøa for å kunne kople desse saman i ei heilskapstenking frå jord/vatn til bord. I tillegg til å ivareta det tradisjonelle landbruksområdet, skal Nordnorsk kompetansesenter ha eit nasjonalt fokus knytt til innlandsfisk.
Viktige oppgåver i programmet for Genressursutval for Planter i Noreg i 2006 er å avslutte arbeid med kartlegging og dokumentasjon av genetisk mangfald innan kulturvekstane, samt å setje i verk planen for bevaring i klonarkiv. Vidareføring av planane for samordning til eit felles forvaltningsorgan for genressursar i husdyr, fisk, skog og kulturplanter vil òg vere sentralt i 2006.
Kompetansen ved Bioforsk blir òg nytta av næringslivet. Dette må skje på ein slik måte at tilliten til Bioforsk som kunnskapsleverandør ikkje blir svekka, og slik at statlege midlar ikkje verkar konkurransevridande i forhold til andre aktørar i marknaden.
Post 52 Støtte til fagsentra, Planteforsk
Fagsentra i Planteforsk blei etablerte i 1995. Dei fire fagsentra er Sæter i Hedmark, Fureneset i Sogn og Fjordane, Tjøtta i Nordland og Svanhovd miljøsenter i Finnmark. Fagsenterordninga blir i 2006 vidareført i Bioforsk. Fagsentra har som formål å medverke til lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø. Dei tilbyr òg tenester innan kunnskapsformidling og service. Fagsentra tek òg del i Bioforsk si verksemd innan forsking.
Sæter sitt arbeid er særleg retta mot sauenæringa. Fureneset arbeider med landbruk, naturbruk og miljøspørsmål i kystregionar. Tjøtta har spesialisert seg innan beite og utmarksressursar. Sentralt står konflikt og samspel mellom landbruk/beitedyr og vilt/rovdyr. Svanhovd er eit senter innan forsking, utvikling og miljøinformasjon om natur-, landbruks- og ressursforvaltning i Barentsregionen. Senteret har òg ansvar for eit nasjonalparksenter for Øvre Pasvik nasjonalpark.
Resultatrapport 2004
Omorganiseringa frå forskingsstasjonar til fagsenter har så langt vore vellukka. Overgangen frå landbruksforsking til utviklingsarbeid og tenesteyting har kome langt. Investeringane i bygningar på Tjøtta og Svanhovd gjer desse fagsentra til attraktive medspelarar. Sæter og Fureneset er ikkje like godt utrusta, men dei dreg òg fordel av å vere med i nettverket i Planteforsk. Fagsenterverksemda styrkjer den regionale og lokale tilknytinga og har medverka til å generere oppdrag og inntening ut over dei faste midlane. Fagsentra samarbeider med fleire av innsatsområda i Planteforsk og med dei aktuelle fylkesmennene. Mindre enn ein tredel av inntekta ved fagsentra kjem frå fagsenteroppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Resterande midlar kjem frå andre oppdrag frå det offentlege og frå privat sektor. Samla inntekter har auka jamt frå starten i 1995, og dei faste fagsenteroppdraga utgjer ein stadig mindre, men svært viktig del av dei samla oppdraga. Tilgangen på oppdrag er ein god indikator på kor vellukka ordninga er. Fram til no har talet på oppdrag auka mykje, og oppdragsinntekta har òg auka. Fagsentra har mange, men oftast små oppdrag. Dette set store krav til effektiv administrasjon for å få god nok lønnsemd.
Budsjettframlegg 2006
Løyvinga sikrar ei grunnfinansiering av fagsentra og medverkar dermed til fagsentra sitt mål om lokal og regional næringsutvikling innan landbruk og miljø.
Kap. 1115 Mattilsynet (jf. kap. 4115)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 1 217 805 | 1 093 685 | 967 152 |
70 | Tilskott til veterinær beredskap | 63 547 | 68 882 | 79 880 |
71 | Tilskott til erstatningar , overslagsløyving | 1 000 | ||
Sum kap. 1115 | 1 281 352 | 1 162 567 | 1 048 032 |
Mål og strategiar
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn og forvalte verkemidla knytt til måla om trygg mat, forbrukaromsyn i matmarknaden, god plante-, landdyr- og fiskehelse og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken, og skal framstå som ein premissleverandør ved utvikling av matpolitikken. Mattilsynet har òg viktige oppgåver knytt til regelverksutvikling og beredskap. Forvaltningsområdet er sterkt prega av internasjonale rammevilkår. Mattilsynet medverkar i kraft av eigen oppgåveportefølje og brei fagkompetanse òg på andre område i matpolitikken, som verdiskaping og ernæring. Fagkompetansen nyttast òg til å løyse andre viktige oppgåver som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld m.a. tilsyn med planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, tilsyn med kosmetikk, tilsyn med dyrehelsepersonell og tilsyn med omsetnad av reseptfrie lækjemiddel.
Mattilsynet skal arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle den høge tilliten matforvaltninga i Noreg har. Ansvaret for etterleving av lovgivinga kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet skal føre tilsyn. Informasjon og rettleiing om regelverket er ein viktig del av tilsynsarbeidet.
Mattilsynet har som visjon å skape tryggleik og tillit gjennom kunnskap og handlekraft.
Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål i 2006:
trygg mat med omsyn til folkehelsa
friske planter, fisk og dyr
etisk forsvarleg hald av fisk og dyr
miljøvenleg produksjon
god kvalitet og ærleg produksjon og omsetning
verdiskaping på matområdet
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle, påverke og forvalte regelverk
rettleie om regelverk
føre tilsyn
overvake status og utvikling på området
ha beredskap
Utviklingstrekk som individualisering, teknologiske nyvinningar, spesialisering og globalisering vil påverke kva for mat som blir produsert, omsett, importert og eksportert, og kor og korleis desse aktivitetane går føre seg. Mattilsynet må møte desse utfordringane gjennom å skape ein kultur med fokus på evne til å kunne omstille seg.
Omstillingsarbeidet i Mattilsynet er viktig for å utvikle eit framtidsretta og effektivt tilsyn. Mattilsynet vil òg i 2006 gjennomføre omstillingstiltak slik at økonomiske, organisatoriske, faglege og personalpolitiske mål med reforma blir nådd så raskt som mogleg.
Mattilsynet er i ein konsolideringsfase der ein må gjennomføre nødvendig omstilling og vurdere kva for omprioriteringar som skal gjerast innanfor eksisterande oppgåveportefølje. Mattilsynet har òg gjennomgått bemanninga i dei enkelte regionane og sett dette i samanheng med oppgåvemengda. På grunnlag av dette vil ein sjå på relative tilpassingar i oppgåveportefølje og bemanning ved dei enkelte kontora. Effektiviseringsarbeidet og tilpassing til ei redusert budsjettramme vil gi ein reduksjon i den samla bemanninga.
Mattilsynet vil vidare leggje vekt på å utvikle eit einskapleg og heilskapleg tilsyn. Utvikling av ein målretta tilsynspolitikk som blir gjennomført i heile organisasjonen, er sentralt. Dette arbeidet har ennå ikkje kome langt og vil bli prioritert i 2006. I dette arbeidet er det viktig at Mattilsynet tek omsyn til internasjonale plikter og korleis ein skal dokumentere etterlevinga av desse, særleg knytt til inspeksjonar frå EFTA sitt overvakingsorgan ESA. Viktige instrument i dette arbeidet vil vere å utvikle administrative strukturar samt styringssystem og fagdatasystem som gir oversikt over tilsynsobjekt, tilsynsaktivitet, ressursbruk og resultat. I tillegg vil ein arbeide for å betre beredskapsfunksjonen i heile tilsynet og utvikle organisasjonen slik at den er best mogleg rusta til å møte utfordringane.
Planteforsk/ Bioforsk, Nasjonalt folkehelseinstitutt, NIFES og Veterinærinstituttet vil i 2006 ivareta referansefunksjonar, fagleg beredskap og yte annan FoU-basert støtte til Mattilsynet med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa og eksisterande avtaler.
Resultatrapport 2004
Omstilling og organisatoriske forhold
2004 var det første driftsåret for Mattilsynet. Hovudtrekka i ansvars- og oppgåvedelinga blei avklart i interimsåret 2003. I 2004 har ein arbeidd vidare med å avklare den meir detaljerte ansvars- og oppgåvedelinga. Arbeidet med å etablere felles funksjonar for heile verksemda ved fem av dei åtte regionkontora har bydd på store utfordringar og innkjøringsproblem. Særleg har arbeidet med å etablere felles arkiv- og dokumentasjonstenester vist seg å vere meir krevjande enn venta. Avklaring av ansvar mellom hovudkontoret og regionkontor som har faglege nasjonale fellesfunksjonar, har òg vore utfordrande. Trass desse utfordringane har Mattilsynet gjennom året halde oppe ein forsvarleg tilsynsaktivitet.
Mattilsynet har arbeidd mykje med å utvikle ein felles organisasjonskultur m.a. ved regionale samlingar for alle medarbeidarane. Det er på nasjonalt plan oppretta samarbeidsfora som er viktige for utviklinga av eit einskapleg og heilskapleg tilsyn. I tillegg har enkelte regionar kome langt når det gjeld å etablere regionale faggrupper på utvalde område.
Det er halde regionale kurs for heile organisasjonen om den nye matlova. Det har særleg vore fokusert på det breie verkeområdet til matlova og den auka moglegheita for bruk av verkemiddel og sanksjonar.
Mattilsynet inngikk i mai/juni regionale rammeavtalar om kjøp av analysetenester knytt til dei analysane som tidlegare blei utførte lokalt. Det blei òg arbeidd med anbodskonkurranse om analysar knytt til sentrale kartleggings-, overvakings- og kontrollprogram. Arbeidet held fram i 2005. Omlegginga til kjøp av tenester har redusert ressursbruken knytt til laboratorieanalysar i forhold til det som blei nytta i dei tidlegare tilsyna.
Det er etablert eit beredskapsforum i Mattilsynet som skal arbeide med å gjennomføre einskapleg og heilskapleg beredskapsarbeid. Det har vore arbeidd med dei mest kritiske beredskapselementa, som til dømes administrative og faglege beredskapsplanar og varslingssystem m.m. I arbeidet med å oppfylle krava til tryggingsarbeid etter Lov om forebyggende sikkerhetstjeneste, blei det fokusert spesielt på persontrygging og informasjonstrygging.
Det første året til Mattilsynet var prega av mykje omtale i media, både lokalt og nasjonalt. Totalt blei det registrert meir enn 8 200 medieomtalar om Mattilsynet.
Mattilsynet nyt stor tillit hos borgarane. Ei meiningsmåling frå Markeds- og mediainstituttet (MMI) i 2004 viste at 91 pst. av intervjuobjekta har særs stor eller ganske stor tillit til informasjon om helsefarleg mat frå Mattilsynet. I ei anna undersøking frå MMI blei Mattilsynet blant dei ti mest tiltrudde offentlege verksemdene. 63 pst. svarte at dei har eit godt inntrykk av Mattilsynet si evne og vilje til å opptre rettferdig og ansvarsfullt.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Mattilsynet har tatt aktivt del i internasjonalt arbeid m.a. på aktuelle møte under EU-kommisjonen, i FAO/WHO sin organisasjon for matvarestandardar (Codex Alimentarius Commission), Europarådet og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE).
I regelverksutviklinga har Mattilsynet prioritert arbeidet med å gjennomføre rettsakter etter EØS-avtalen i norsk rett. Det er òg lagt ned stort arbeid med rettsakter som enno ikkje er tatt inn i EØS-avtalen, til dømes nytt regelverk for animalske biprodukt, hygiene og kontroll samt genmodifiserte organismar. Som oppfølging av St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd, er det førebudd og utvikla ein del nytt regelverk. Mattilsynet har òg tatt del i arbeidet med å førebu ny kosmetikklov, ny dyrevernlov og i arbeidet med å vurdere verkeområdet til matlova på Svalbard.
Tilsynsområde
Hygiene, smittestoff og skadegjerarar
Drikkevatn var kjelde til eit større utbrot av infeksjon med parasitten Giardia lamblia.
Utbrotet i Bergen førte til at om lag 1 300 menneske blei registrert sjuke. I tillegg reknar ein med at mange blei sjuke utan å få diagnosen. Dette var første gongen eit slikt utbrot blei registrert i Noreg. Epidemien stilte store krav til informasjon, kommunikasjon og samhandling. Det blei elles ikkje registrert store utbrot av alvorlege sjukdommar spreidde med mat eller drikkevatn.
Samla sett var helsetilstanden god hos planter, fisk og landdyr i Noreg. Pærebrann spreidde seg noko innanfor tidlegare smitta område, og Mattilsynet gjennomgår tiltaka mot denne plantesjukdommen. Forvaltinga av sjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA) har vore utfordrande. Konsekvensane for verksemder der sjukdomen blir påvist er store, og tiltaka blir vurdert både innanlands og i EU. Mattilsynet har òg arbeidd internasjonalt for å greie ut korleis skrapesjukevarianten NOR98 hos småfe, bør handterast.
Mattilsynet har ført vidare arbeidet Fiskeridirektoratet tidlegare gjorde med eksportsertifisering og beredskap for marknadsrelaterte spørsmål knytt til sjømat. Det er m.a. arbeidd med oppdatering av systemet med attestar og erklæringar, dokumentasjon og kontakt med næring og styresmakter i andre land ved eksportproblem og opning av nye marknader. Eksporten av sjømat har i 2004 gått føre seg utan særskilde problem knytt til dei tenestene som Mattilsynet yter. Mattilsynet gjennomførte i 2004 ei utgreiing med sikte på å utvikle ein tilsynsmodell for mindre matverksemder.
Mattilsynet starta i 2004 eit arbeid for å gjennomgå, evaluere og effektivisere porteføljen av kartleggings-, overvakings- og kontrollprogram. Arbeidet vil m.a. munne ut i et system for ei årleg evaluering av heile porteføljen. Programma som blei planlagde for 2004, byggjer framleis for ein stor del på dei programma som dei tidlegare verksemdene gjennomførte. Gjennomføring av programma blei prioritert.
Mattilsynet førebudde og ytte bistand til EFTA Surveillance Authority (ESA) sine seks inspeksjonar av norsk etterleving av EØS-regelverket på matområdet. Det mest kritikkverdige ESA peikte på var at avvik påvist ved tidlegare inspeksjonar ikkje var følgde opp. Mattilsynet har sett i verk arbeid med å forbetre rutinane.
Framandstoff
Mattilsynet har gjennomført ei rekkje overvakingsprogram i heile matproduksjonskjeda for ulike stoffgrupper som plantevernmiddel, lækjemiddelrestar, tilsetjingsstoff, tungmetall, organiske miljøgifter og radioaktive emne. I tillegg er det gjennomført overvakingsprogram for å avdekkje nye problemområde i forhold til stoff som akrylamid, polyaromatiske hydrokarbon og bromerte flammehemmarar.
Kvalitet og forbrukaromsyn
Det er gjennomført ei rekkje tiltak i samsvar med Handlingsplan for forbrukarretting av matpolitikken.
Det har vore stor interesse for ulike merkeordningar for mat, m.a. knytt til informasjon om merkeordninga Beskytta nemningar. Økologisk Tjukkmjølk frå Røros var det første produktet som blei godkjent under ordninga.
Overvaking av utviklinga på barnematområdet er ført vidare i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet.
DEBIO har ført tilsyn med økologisk produksjon på vegne av Mattilsynet. Det blir gjennomført minst eit tilsynsbesøk i året i kvar verksemd. Dette er ein høg tilsynsfrekvens som følgjer av krav etter EØS-avtalen.
Det er gjennomført analyser og kontroll av dokumentasjon for å sjå til at mat- og fôrprodukt med mais og soya ikkje inneheld genmodifiserte organismar (GMO) som ikkje er godkjente.
Mattilsynet har ansvar for nettstaden Matportalen. Interessa for denne har vore jamt stigande, og portalen hadde siste halvåret 2004 omlag 70 000 besøk kvar månad.
Dyrevelferd
Ved opprettinga av Mattilsynet blei myndigheit til å oppnemne dyrevernnemnder overført frå Fylkesmannen til Mattilsynet. Mattilsynet har i 2004 oppnemnt 120 dyrevernnemnder og utarbeidd retningsliner for nemndene for å få til ei god og effektiv arbeidsdeling mellom dyrevernnemndene og distriktskontora i Mattilsynet. Mattilsynet har tatt del i arbeidet med å følgje opp tiltak omtalt i St.meld. nr. 12 (2002-2003). I samarbeid med dei ulike interesseorganisasjonane er det m.a. utarbeidd ein serie brosjyrar med rettleiing om hald av kjæledyr.
Andre tilsynsområde
Mattilsynet sette i gang tilsyn med at vilkåra for omsetnad av visse reseptfrie lækjemiddel utanfor apotek blir etterlevd. Tilsynet er ein integrert del av tilsynet elles i denne typen verksemder.
På kosmetikkområdet blei det sett i gang fem overvakings- og tilsynsprosjekt.
Budsjettframlegg 2006
Post 01 Driftsutgifter
Posten er redusert med 81 mill. kroner i samband med at det i 2006 blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan, jf. omtale i innleiande del pkt 1.8.
Posten er redusert med 18 mill. kroner knytt til effektivisering som følgje av matforvaltningsreforma, sjå nærmare omtale av endringar i budsjettrammene under kat. 15.10.
Mattilsynet sitt budsjett er redusert med 58 mill. kroner som følgje av reduserte omstillingskostnader. Det er i alt sett av 35 mill. kroner til omstillingstiltak i 2006.
Mattilsynet sitt budsjett er auka med 15 mill. kroner knytt til nye faglege utfordringar.
Omstillingsarbeid i 2006
Omstillingsarbeidet som følgje av matforvaltningsreforma går stort sett etter planen. Mattilsynet vil òg i 2006 gjennomføre særskilte omstillingstiltak. Det er viktig å gjennomføre omstillinga på ein slik måte at økonomiske, organisatoriske, faglege og personalpolitiske mål med reforma blir nådd så raskt som mogleg. Omstillingsarbeidet må òg sjåast i samanheng med det generelle arbeidet Mattilsynet gjer for å følgje opp måla regjeringa har for fornying av offentleg sektor.
Mattilsynet gir høg prioritet til omstillingsarbeidet og har både i 2004 og 2005 brukt meir til omstillingstiltak enn det som har vore særskilt løyvd til dette.
Det er i 2006 sett av 35 mill. kroner til omstillingstiltak. Dette vil føre til at Mattilsynet i noko mindre grad enn i 2005 må nytte av driftsmidla til omstillingstiltak. Omstillingsmidla vil i hovudsak bli nytta til:
Etablering av integrert fagdatasystem
Ferdigstilling av etableringa av framtidsretta løysingar for IKT og dokumentasjon
Organisasjons- og kompetanseutvikling
Avvikling av arkiv og oppfølging av nokre husleigeavtaler som det ikkje har lukkast å avvikle.
Faglege utfordringar
Det er sett av 15 mill. kroner for å styrkje innsatsen knytt til lovpålagte og prioriterte oppgåver innan:
Tilsyn med sjømatverksemder
Dette omfattar m.a. områdetilsyn med skjelproduksjon og auka tilsyn med sjømatsektoren.
Særskilt prioriterte område knytt til mattryggleik og forbrukarvern.
Dette omfattar m.a. overvakingsprogram for kugalskap og liknande sjukdommar (TSE) hos geit, auka overvaking knytt til unntak frå eit avlsprogram for TSE-resistens hos småfe, styrka tilsyn med naturmiddel og kosttilskott samt kompetanseheving knytt til oppfølging av nytt hygieneregelverk. Auka tal på økologiske produsentar gir òg auka tilsynsomfang.
I lys av krav til effektivisering er det lagt opp til eit stramt budsjett for Mattilsynet si ordinære drift i 2006. Det blir viktig å prioritere aktiviteten i tråd med måla til Mattilsynet, inkludert oppfølging av plikter etter internasjonale avtalar.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrenser. Grunnlaget for det norske regelverket blir hovudsakleg utvikla i EU. Ein stor del av Mattilsynet si verksemd er derfor knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Codex Alimentarius Commission og dei internasjonale plante- og dyrehelseorganisasjonane (IPPC og OIE) legg òg viktige premissar for regelverket. Arbeidet knytt til Nordisk ministerråd vil bli vidareført. Ansvaret for det internasjonale arbeidet ligg i departementa. Departementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale fora. Mattilsynet har her ein sekretariatsrolle for departementa og gjer viktig arbeid på internasjonale møteplassar. Mattilsynet skal medverke til at oppfølging av dei internasjonale pliktene finn stad til riktig tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på føremålstenleg og brukarvennleg vis.
Mattilsynet har i tillegg oppgåver med å skape gjensidig kunnskap og tillit på bilateralt nivå med andre land sine styresmakter for å leggje til rette for marknadsstilgang og eksport av norsk sjømat, landbruksprodukt, dyr, avlsmateriale og andre dyreprodukt.
Hygiene, smittestoff og skadegjerarar
Mattilsynet skal arbeide for at mat og drikkevatn er trygge med omsyn til folkehelse, og for at helsetilstanden hos fisk, landdyr og planter er god.
Ei hovudutfordring er å gjennomføre det nye hygiene- og kontrollregelverket. Det nye hygieneregelverket stiller auka krav til fagkunnskap både hos verksemdene og i tilsynet, særleg for å kunne utnytte den fleksibiliteten dei nye reglane gir.
Det nye kontrollregelverket legg til grunn at det skal vere eit einskapleg og heilskapleg tilsyn som tek omsyn til risiko i heile matproduksjonskjeda. Det er verksemdene sitt ansvar å etterleve reglane. Tilsynet skal vere effektivt, regelmessig og kunne dokumenterast. Det skal lagast nasjonale kontrollplanar som skal ligge til grunn for prioritering og rapportering.
Mattilsynet må byggje vidare kompetanse både som kontrollør og rettleiar. Oppfølginga av Mattilsynet sitt prosjekt om rettleiing av mindre matverksemder må sjåast i samanheng med det nye regelverket.
Det må gjennomførast eit målretta tilsyn med produksjon og omsetning av mat i restaurantar, gatekjøkken og dagligvarehandelen. Tilsyn med drikkevatn og vassverk som produserer drikkevatn, inkludert tilsyn med beredskapsplanar hos vassverka, skal prioriterast. Talet på melde tilfelle av smitte som mistenkast å skuldast drikkevatn var 1 400 tilfelle, men det er estimert mørketal på 100 000 – 200 000 tilfeller årleg. Mange av desse fører til tapte arbeidsdagar grunna diaré.
Departementa har mottatt ei utgreiing frå Mattilsynet av ei ordning der det i kontrollerte restaurantar og butikkar blir sett opp eit lettfatteleg symbol om resultatet av kontrollen (Smiley-ordning). Symbolet vil særleg vere knytt til hygieniske forhold i verksemda. Det vil bli arbeidd vidare med å vurdere om ei slik ordning er aktuell i Noreg, samtidig som ein vurderer andre ordningar for informasjon knytt til mattryggleik.
Overvakings- og kontrollprogram som er knytt til plikter etter internasjonale avtaler eller norske tilleggsgarantiar, må ha høg prioritet. Overvakinga av fugleinfluensa må styrkast. Mattilsynet må elles innrette overvakings- og kontrollprogramma målretta og kostnadseffektivt.
Beredskapsarbeidet retta mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame dyresjukdommane er viktig. Arbeidet med generell overvaking av farlege planteskadegjerarar, og tilsyn med den stadig aukande importen, m.a. knytt til invaderande framande arter, vil bli vidareført. Mattilsynet vil ta del i arbeidet med oppfølging av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008).
God fiskehelse er ein viktig føresetnad for ei positiv utvikling av sjømatnæringa. Noreg blei harmonisert med EU sitt fiskehelseregelverk i 2003. Regelverket i EU er under revisjon.
Mattilsynet vil vidareføre merksemda på sjømatverksemdene gjennom ein eigen kampanje med omsyn til parasitter i fiskefilet og histamin i fiskeprodukt. Ein tek sikte på å ferdigstille algedatabasen i løpet av 2006. Tilsynet med verksemdene vil bli trappa opp av omsyn til sjømateksporten. Mattilsynet må ha særleg merksemd på at produksjonsverksemder for sjømat fyller bygnings- og driftsmessige krav og krava til eigenkontroll. Andre aktuelle oppgåver vil vere tilsyn i område med produksjon av skjell for konsum og overvaking av lakselus på vill laksefisk. Tilsynet med sjømatverksemdene må vere einskapleg og heilskapleg slik at det ikkje oppstår konkurransevriding mellom ulike verksemder, eller skilnader mellom regionar. For å halde oppe tilliten til norske sjømatprodukt både heime og ikkje minst på eksportmarknadene, er det avgjerande at norsk sjømat blir produsert etter gjeldande internasjonale standardar.
Framandstoff
Mattilsynet vil vidareføre arbeidet med overvaking av framandstoff. Det er eit mål å vidareutvikle både tilsynet og næringa si kompetanse på dette området, både når det gjeld kjente og nye stoff.
Kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet skal arbeide for at mat og drikkevatn har rett kvalitet og rett innhald, og at reglane om merking og marknadsføring blir følgd. Mattilsynet forvaltar òg lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos veterinærar og anna dyrehelsepersonell.
Arbeidet knytt til regelverk om sporing, merking og godkjenning av prosessert genmodifisert mat og fôr vil krevje merksemd. Det blir arbeidd vidare med regelverket på området, og Mattilsynet vil utarbeide rettleiingsmateriale og retningsliner til hjelp for aktørane. Mattilsynet fører tilsyn med levande genmodifiserte organismar etter delegert myndigheit frå Miljøverndepartementet.
I EU blir det arbeidd med nytt regelverk om tilsetjing av vitamin og mineral i matvarer (beriking). Det blir òg arbeidd med ein omfattande revisjon av regelverket for merking generelt, samt nytt regelverk for bruk av helsepåstandar om mat. Arbeidet med oppfølging av bruk av helsepåstandar er òg ein del av Mattilsynet si oppfølging av Ot.prp. 55 (2001–2002) Om endringer av legemiddelloven. I 2004 blei det fastsett ny forskrift om kosttilskott. Denne må følgjast opp m.a. i samband med styrka tilsyn og kontroll med naturmiddel. Endringane når det gjeld beriking og kosttilskott vil kunne medføre høgare inntak av næringsstoff i befolkninga eller grupper av befolkninga, noko som i enkelte tilfelle kan vere uheldig. Det er derfor nødvendig å følgje utviklinga. Aukande problem knytt til overvekt i befolkninga gjer det òg aktuelt å vurdere ulike former for sunnhetsmerking av matvarer.
Det er ei rekkje kvalitetsforskrifter som har heimel i Matlova. Desse forskriftene treng revisjon og Mattilsynet vil gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang av dei. Mattilsynet har ansvar for å føre tilsyn med økologisk produksjon. Mattilsynet skal vidare forvalte og føre tilsyn med ordninga Beskytta nemningar. Matmerk har ansvar for den førebuande saksbehandlinga. Mengda av søknadar til ordninga er kraftig aukande. Det er behov for ein gjennomgang av saksgang og klageordning knytt til søknader etter ordninga.
Mattilsynet vil framleis ha ei sentral rolle i gjennomføring av departementa si målsetjing om å møte ønskjer og påverke kunnskap og vaner hos forbrukarane på ein positiv måte.
Forslag til ny kosmetikklov, som vil bli lagt fram for Stortinget, legg opp til å utvide Mattilsynet sitt ansvar på dette området.
Velferd hos landdyr og fisk
Mattilsynet skal arbeide for at dyrehald er i samsvar med dyrevernlovgivinga. Tilsynsaktivitet og regelverksutvikling for fiskevelferd må gjerast ut frå dei særlege tilhøva som gjeld for fisk. Arbeidet med å utvikle indikatorar for velferd hos fisk vil bli vidareført.
Mattilsynet har ei viktig rolle i oppfølginga av St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.
Mattilsynet har fagleg ansvar og budsjettansvar for dyrevernnemndene som medverkar i det lokale arbeidet med dyrevelferd. Det er viktig å finne ei rasjonell og kostnadseffektiv arbeidsdeling mellom Mattilsynet og dyrevernnemndene.
Dyretragediar som skuldast manglande stell og omsorg for dyr, er ei utfordring i dyrevernarbeidet for produksjonsdyr og selskapsdyr. Slike saker kan i liten grad hindrast gjennom vanlig tilsynsarbeid. Her er det viktig at alle aktørane medverkar slik at Mattilsynet tidleg kan bli kjent med forhold som kan ende opp i dyretragediar. Det blir òg vurdert å innføre særlege varslingskrav på dette området i samband med arbeidet med ny dyrevernlov, jf. St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.
Dyrehelsepersonell
Det er eit aukande fokus på veterinærane og fiskehelsebiologane sitt ansvar for bruken av lækjemiddel til dyr. Mattilsynet må i aukande grad føre tilsyn med at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med lækjemiddelbruk.
Post 70 Tilskott til veterinær beredskap
Resultatrapport 2004
Mattilsynet har medverka til veterinærdekninga i heile landet gjennom administrering av veterinærvakta. Arbeidet har bestått i å sørgje for bemanning av veterinærvakta og utbetaling av tilskott til vaktdeltakarane.
Budsjettframlegg 2006
I medhald av lov av 15. juni 2001 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell skal det etablerast klinisk vakt for dyrehelsepersonell i alle delar av landet. Som grunnlag for vaktordninga skal Landbruks- og matdepartementet inngå ein avtale med Den Norske Veterinærforening (DNV) om organisering, gjennomføring og godtgjering/tilskott for deltaking.
Landbruks- og matdepartementet blei 04.02.2005 samd med DNV om ei ny avtalte om klinisk veterinærvakt. Bakgrunnen for og innhaldet i denne avtalen og den usemja det var mellom partane, er grundig omtala i St.prp. nr. 47 (2004-2005) og Stortinget si behandling av denne, jf. Innst. S. nr. 180 (2004-2005). Det har vidare tatt tid før det er etablert avtale om deltaking i vaktordninga med veterinærar i dei ulike distrikta.
For å kunne følgje opp staten sine økonomiske plikter etter denne avtalen og etter ein avtale om spesialvakt for kjæledyr, blir det gjort framlegg om ei løyving på 79,88 mill. kroner i 2006. Dette er ein auke i forhold til saldert budsjett for 2005 på om lag 16 pst.
Post 71 Tilskott til erstatningar
På posten vil det bli ført midlar til utbetalingar til borgarar som har ytt nødhjelp til dyr etter dyrevernlova §6 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det og bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevernlova i dei tilfelle kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet (jf. kap. 1115)
(i mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Gebyr og avgifter | 701 368 | 736 926 | 686 887 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.v. | 7 413 | 1 000 | 1 018 |
15 | Refusjon, arbeidsmarknadstiltak | 69 | ||
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 12 654 | ||
17 | Refusjon lærlinger | 11 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 14 810 | ||
Sum kap. 4115 | 736 325 | 737 926 | 687 905 |
Matforvaltningsreforma har gitt effektiviseringsgevinstar, jf. kap. 1115. Det blir derfor gjort framlegg om ein monaleg reduksjon i inntekter frå gebyr og avgifter for Mattilsynet i 2006. Satsane for matproduksjonsavgiftene, blir redusert med om lag 6 pst. Det blir og gjort enkelte endringar for å lette etablering og drift av mindre verksemder. I forhold til saldert budsjett for 2005, er dei samla inntektene frå gebyr og avgifter redusert med 50 mill. kroner tilsvarande om lag 7 pst.
Stortinget ba i vedtak nr. 197 av 18. desember 2003 om at maksimalt 80 pst. av utgiftene til Mattilsynet kan dekkjast av avgifter og gebyr. I budsjettframlegget for 2006 utgjer inntektene frå avgifter og gebyr om lag 66 pst. av dei samla utgiftene til Mattilsynet og syner ein liten auke frå 2005 som følgje av innføring av ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan.
Post 01 Gebyr og avgifter
Det blei innført eit heilt nytt system for avgifter og gebyr på matområdet. i 2004. Ein hadde derfor ikkje relevant erfaringsmateriale å tufte inntektsbudsjettet på. Det viste seg at omfanget av inntekter frå gebyr for særskilte ytingar var lågare enn det som var lagt til grunn i budsjettet. Dette var hovudårsaka til at Mattilsynet ikkje nådde inntektsbudsjettet i 2004.
Mattilsynet vil i 2006 ha på plass eit system som gjer det mogleg å vurdere samanhenger mellom inntekter og utgifter på enkelte tilsynsområde. Departementa med fagansvar på matområdet tek med utgangspunkt i dei erfaringane ein har hausta med finansieringsmodellen så langt, og resultata frå Mattilsynet sine oversikter over tidsbruk, sikte på å arbeide vidare med sikte på å forbetre finansieringsmodellen.
I 2006 tek ein sikte på å vidareføre det tredelte systemet for finansiering som blei etablert i 2004. Den første delen gjeld innkrevjing av gebyr for særskilte ytingar som tilsynet gjer for konkrete brukarar. Den andre delen av systemet gjeld innkrevjing av gebyr for tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig og over tid rettar seg mot konkrete brukarar eller brukargrupper og er klart avgrensa i forhold til andre tilsyns- og kontrolloppgåver i matforvaltninga. Den tredje delen av systemet gjeld innkrevjing av avgift for tilsyn og kontroll som ikkje eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Ein tek i 2006 sikte på å redusere/avvikle enkelte gebyr for særskilte ytingar for å gjere systemet meir tenleg i forhold til næringsutvikling.
Mattilsynet har vurdert kostnadane ved kjøttkontrollen og moglege kostnadsreduksjonar særskilt, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2004-2005).
Kjøttkontrollgebyret har omfatta ein del aktivitetar som ikkje direkte er knytt til sjølve kjøttkontrollen i den enkelte verksemda. For å få eit meir korrekt omfang av kva som skal finansierast gjennom gebyr, vil ein del aktivitetar som tidlegare blei finansiert av kjøttkontrollgebyret, bli overført til matproduksjonsavgiftene på norskproduserte, landbaserte animalske produkt. Budsjettert proveny frå kjøttkontrollgebyret blir redusert med om lag 20 pst. i forhold til 2005, tilsvarande ein heilårsverknad på om lag 26 mill. kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i matproduksjonsavgiftene for norskproduserte, landbaserte animalske produkt.
Kjøttkontrollgebyret blir i hovudsak utrekna på grunnlag av forventa tid til tilsynet etter ein standardisert modell. Gebyrmodellen legg såleis til rette for kostnadseffektiv drift både i verksemdene og i Mattilsynet. Store verksemder hadde i 2004 ein gjennomsnittlig gebyrkostnad på 45 øre/kg kjøtt, medan gebyrkostnaden i dei minste verksemdene hadde eit gjennomsnitt på 177 øre/kg. I enkelte verksemder utgjorde gebyrkostnaden fleire kroner pr. kg kjøtt. Gebyrmodellen er ikkje primært innretta på dei små verksemdene der gebyrkostnaden i blant blir opplevd som urimeleg høg i forhold til den tilsynstenesta som er ytt. For å medverke til at verksemder ikkje må betale meir enn tilsynet sine faktiske kostnader m.a. ut i frå prinsippa i det nye hygiene- og kontrollregelverket, legg departementet opp til å etablere ein maksimalsats på kjøttkontrollgebyret slik at dette i 2006 ikkje utgjer meir enn 100 øre/kg kjøtt. Estimert provenytap knytt til denne maksimalsatsen er om lag 1 mill. kroner i tillegg til den generelle gebyrreduksjonen for alle verksemder som følgje av den tekniske endringa som er omtalt ovanfor.
For å få ein meir korrekt bruk av omgrep, tek ein og sikte på at gebyr for tilsyn og kontroll med drikkevatn (vassverk) blir gjort om til ei kontrollavgift for drikkevatn (vassverk). Ein vil òg harmonisere satsane og forenkle regelverket for innkrevjing av matproduksjonsavgift på sjømat.
Etter desse tekniske endringane gjer ein framlegg om å redusere satsane for alle matproduksjonsavgiftene med om lag 6 pst.
Tabell 2.3 Oversikt over gebyr og avgifter under kap. 4115.
(i mill. kr) | |
---|---|
Nemning | Beløp |
Gebyr for særskilte ytingar | 22,5 |
Gebyr for tilsyn og kontroll: | |
Fôr til landdyr og fisk | 21,3 |
Plantevernmiddel | 16,2 |
Import planter ikkje mat | 15,4 |
Kosmetikk | 2,2 |
Innførsel levande dyr og animalske produkt | 6,7 |
Kjøttkontroll | 97,8 |
Sum gebyr | 182,1 |
Matproduksjonsavgifter: | |
Norskproduserte varer | 247,6 |
Importerte varer | 171,8 |
Sjømat | 26,7 |
Andre avgifter: | |
Avgift på drikkevatn (vassverk) | 35,0 |
Avgift på fôr til selskapsdyr | 23,3 |
Sum avgifter | 504,4 |
Andre gebyr og avgifter | 0,3 |
Sum gebyr og avgifter | 686,8 |
Dette vil gi følgjande satsar for matproduksjonsavgift:
Norskproduserte varer:
kjøtt: 48 øre/kg
andre animaliar: 1,86 pst.
vegetabilier: 0,75 pst.
Importerte varer unntatt sjømat:
råvarer: 1,21 pst.
ferdigvarer og halvfabrikata: 0,75 pst.
Sjømat:
fisk til konsum landa frå EØS-fartøy: 13,40 kroner pr. mottatt tonn (råstoff)
fisk tatt ombord på norsk fabrikkfartøy eller omlasta til utanlandsk fartøy: 13,40 kroner pr. mottatt tonn
produksjonsavgift for oppdrettsfisk: 13,40 kroner pr. mottatt tonn fisk til slakting
fisk landa frå tredjelandsfartøy: 13,40 kroner pr. mottatt tonn
importerte fisk og fiskevarer: 13,40 kroner pr. tonn
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v.
På posten vil ein m.a. føre diverse driftsinntekter m.a. frå oppgåver som Mattilsynet gjer for annan forvaltning, til dømes for tilsyn med lækjemiddel etter oppdrag frå Statens legemiddelverk, oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane og tilsyn med levande GMO. Ein vil òg føre inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking og utvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1137 | Forsking og utvikling | 305 176 | 304 377 | 326 147 | 7,2 |
Sum kategori 15.20 | 305 176 | 304 377 | 326 147 | 7,2 |
Forsking er ein føresetnad for å oppfylle den landbruks- og matpolitiske målsetjinga om auka verdiskaping og livskvalitet basert på ein berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Matproduksjon, skogbaserte næringar og relaterte tilleggsnæringar står med sine over 130 000 årsverk sentralt i forhold til den samla verdiskapinga og sysselsetjinga. Det er om lag 70 000 årsverk i primærjordbruket, 40 000 i jordbruksrelatert næringsmiddelindustri og om lag 19 000 årsverk knytt til landbruksrelaterte- og andre tilleggsnæringar. Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar for forsking famnar heile denne produksjonskjeda frå jord og fjord til bord kor den store tenesteproduserande sektoren òg er inkludert
Landbruk Pluss inneber ein landbruks- og matpolitikk med auka fokus på mangfald og nyskaping med utgangspunkt i bygda og dei enkelte gardsbruk. Dette fører til at det blir viktig å styrkje kunnskapskjeda mellom forsking, utvikling, nyskaping - og kommersialisering, jf. og regjeringa sin plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Den nasjonale strategien for næringsutvikling Landbruk – meir enn landbruk, synleggjer korleis departementet vil styrkje denne kjeda jf. kat. 15.30, pkt. om Næringsutvikling og verdiskaping. Ei sentral utfordring er å føre innovasjonsretta forsking fram til produkt og tenester som møter forbrukarane sine behov i marknaden. For å lykkast i dette er det m.a. viktig å skape nettverk og møteplassar kor styresmakter, forbrukarinteresser, vare- og tenesteprodusentar, FoU- og kompetansemiljø møtast og samarbeidar. Dette vil bringe den forskingsbaserte innovasjonen vidare, men krev samtidig oppfølging gjennom strategiar på regionalt nivå. Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg har saman eit spesielt ansvar for å sikre at dette skjer.
Departementet har òg eit ansvar for å sikra at andre viktige samfunnsmål innan sin sektor blir nådd, og forsking er òg her viktig for å skaffe ny kunnskap. Departementet har ansvar for ein nasjonal matproduksjon og å gje forbrukarane trygge matvarer uavhengig av om produkta er produsert nasjonalt eller ved import, jf. kat. 15.10. Vidare har departementet eit ansvar på miljø- og ressursområdet med å sikre ressursgrunnlaget for ny og eksisterande naturbasert næringsverksemd, jf. kat. 15.30. Departementet ser det òg som viktig å betre samspillet mellom ulike sektorinteresse og verdiar i samfunnsplanlegginga,. På dette området fører m.a. nedbygging av jordbruksareal (20 000 daa pr. år) og økt gjengroing til utfordringar som krev forsking.
Dei overordna politiske måla og utfordringane for sektoren er omtalt i ulike proposisjonar og meldingar. Landbruks- og matforskinga medverkar òg i gjennomføringa av den nasjonale forskingspolitikken, jf. St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) sin budsjettproposisjon for 2006. Departementet viser til St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø – muligheiter i skogsektoren, St.meld. nr. 40 (1996-1997) Matkvalitet og forbrukertrygghet, St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold Sektoransvar og samordning, St.meld. nr. 12 (2002-2003) Dyrehold og dyrevelferd, St.prp. nr. 69 (2004-2005) Om jordbruksoppgjøret 2005 og St.prp. nr. 63 (2004-2005) Om reindriftsavtalen 2005/2006, og Stortinget si behandling av desse, når det gjeld føringar for departementet sin FoU-politikk i 2006. Departementet viser til St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling – Den blå åker, frå Fiskeri- og kystdepartementet når det gjeld synergiar og arbeidsdeling mellom institutta i primærnæringane. Ein viser òg til kat. 15.10 og kat. 15.30 i denne proposisjonen for prioriteringar som gir føringar for departementet si satsing på forsking.
Strategiar og mål for forsking innan landbruk og mat
Målsetjinga er at landbruks- og matforskinga skal være ein sentral produsent og leverandør av kunnskap med vekt på helse- og livskvalitet, forbrukarkrav, miljø, nyskaping og kommersialisering. Departementet finansierer forsking og utvikling retta mot landbruks- og matsektoren, forvaltninga og allmenta sine kunnskapsbehov. Hovudtyngda av forskingsmidlane blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd.
Departementet sine sentrale strategidokument, Langtidsplan for landbruksforsking og Handlingsplanen gjeld begge ut 2005, og departementet er i ferd med å utarbeide ein ny og overordna strategi som skal ferdigstillast i løpet av 2006. For budsjettåret 2006 vil m.a. oppstarten av dei tre nye store forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land, Næringsutvikling basert på arealressursane og Treprodukter - fra marked til skogbruk i stor grad følgje opp sektoren sitt sentrale forskingsbehov. Programma skal dekkje heile verdikjeda frå primærproduksjon til forbrukar innan områda jordbruk, skogbruk og reindrift. Alle tre programma skal finansiere grunnleggjande kompetanseutviklande prosjekt i forskingsmiljøa samt anvendte prosjekt for forvaltninga og næringa. Programma er godt tilpassa dei tematiske prioriteringane i den nye forskingsmeldinga. Dei dekkjer òg fleire av sektoren sine konkrete forskingsbehov framover slik det m.a. går fram i strategien Landbruk – meir enn landbruk og i dei nasjonale mål som er sett for kulturlandskap og dyrka og dyrkbar mark. Kap. 1137 gir ei nærmare omtale av dei tre nye forskingsprogramma.
Departementet vil i arbeidet med den nye forskingsstrategien prioritere å lage ein strategi som skal omhandle sektoren sin samla FoU-verksemd, i motsetnad til Langtidsplanen og Handlingsplanen som har hatt eit fokus på faglege og tematiske prioriteringar innan forsking og utvikling. Den nye overordna strategien vil bli lagt til grunn for arbeidet med forskingsbudsjett for 2007 og vil vere førande for Landbruks- og matdepartementet sine forskingsløyvingar dei neste åra. Arbeidet blir gjort saman med Noregs forskingsråd. FoU-miljø, underliggande verksemder og næringa vil bli involvert for å sikre forankring av strategien. Den nye strategien skal byggje opp under dei nasjonale forskingsmåla, slik dei kjem til uttrykk i den nye forskingsmeldinga, og kople dei saman med dei tematiske prioriteringane i dei tre nye forskingsprogramma i regi av Forskingsrådet. Forskingsstrategien vil òg omhandle tematiske prioriteringar som ikkje er dekt opp av dei tre nye programma som til dømes klima, energi og ressursforvaltning. I tillegg skal strategien synleggjere dei nye organisasjonsendringane innanfor instituttsektoren, finansieringsordningar, dei ulike aktørane sin rolle- og ansvarsdeling og medvirke til at kravet til rapportering og formidling av FoU blir meir tydeleg.
Tiltak og verkemiddel
På stadig fleire område blir landbruks- og matpolitikken utforma gjennom internasjonalt samarbeid, jf. EØS- og WTO-avtalen m.m. Det er derfor viktig at norske FoU-miljø innan landbruks- og matsektoren òg er internasjonalt retta og konkurransedyktige.
Forskingsinstitutta, AKVAFORSK, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Skogforsk, Veterinærinstituttet, Bioforsk og Matforsk har eit særskilt ansvar for å drive forsking innan landbruks- og matproduksjon (jf. kap. 1137 post 51).
Innovasjon, næringsutvikling og kommersialisering
I forskingsmeldinga Vilje til forskning, er innovasjon og nyskaping ein av tre strukturelle prioriteringar i norsk forsking. Innovasjon er prosessar som gir auka økonomisk vekst ved å ta i bruk ny teknologi, utvikle nye produkt og tenester, etablere nye organisasjonsformer og etablere eksisterande produkt og tenester i nye marknader. I denne samanheng er FoU ein viktig faktor. Regjeringa har auka innovasjonsarbeidet gjennom ein sektoroverbyggjande satsing for å møte behovet for omstilling og effektivisering av både næringsliv og offentleg sektor. For landbruks- og matnæringa vil dette bety både framvekst av ny næringsaktivitet, men òg omstilling i etablerte næringar. I forskingsmeldinga blir dette følgt opp med forslag om eit bredt sett av verkemidlar og tiltak for å styrkje den næringsretta forskinga og auka bruk av forsking i norsk næringsliv.
Ei auka innovasjonsgrad i landbrukssektoren er ein føresetnad for både å auke mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester på gardane og bygdene, samtidig som strukturendringane og effektiviseringa av landbruket held fram jf. og kat. 15.30. I departementet si utvida satsing på næringsutvikling gjennom Landbruk Pluss er FoU-basert nyskaping eit viktig verkemiddel. Dette arbeidet skal m.a. knytte utdanningsinstitusjonar og forskarar nærmare utviklingsaktørane, slik det m.a. er gjort innan husdyrforskinga kor Tine og GENO både har egne forskingsavdelingar og har finansiert mykje av forskinga ved UMB. I desse to selskapa er det etablert eit vellykka og resultatorientert samarbeid mellom produsentmiljø og tunge forskingsmiljø. Dei omorganiseringane som er sette i gang innanfor instituttsektoren på landbruks- og matområdet er òg basert på behovet for å skape konkurransedyktige FoU-produsentar for å dekkje breie og samansette kunnskaps- og informasjonsbehov både i næringslivet og forvaltninga.
Dei tre forskingsprogramma Norsk mat frå sjø og land, Treprodukter - fra marked til skogbruk og Næringsutvikling basert på arealressursane har alle ein målsetjing om å medverke til innovasjon og nyskaping innanfor sektoren. I programma blir det etablert ein ny portefølje av innovasjonsverkemiddel som er i tråd med anbefalinga i forskingsmeldinga, m.a. vil brukarstyrte prosjekt saman med kompetansebyggande prosjekt få ein sentral plass i programma. Programma legg opp til eit tett samarbeid mellom Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd.
For å få verdiskaping frå FoU må resultata kommersialiserast. Dette krev at ny kunnskap må realiserast i marknaden. Det er ei hovudutfordring å stimulere til auka marknadstenking i forskingsmiljøa. Det vil vere sentralt å etablere regionale arenaer for spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse, slik at nye og patenterte idear kan utvikle seg til kommersielle suksessar.
For å betre arbeidet med kommersialisering av FoU gav departementet i 2004 økonomisk støtte til etableringa av Biopolis i Ås-miljøet. Biopolis skulle vere eit senter for biovitskapleg innovasjon og næringsutvikling der forskargrupper, myndigheiter og verksemder samarbeider i næringsklynger for å skape lønsame verksemder. Deltakarane i Biopolis har gjennom arbeidet med etableringa funne det meir tenlig å slå Biopolis saman med Bioparken til eit felles aksjeselskap for kommersialisering og næringsutvikling basert på resultat frå landbruks- og matforskinga. Dette er gjennomført i 2005. Departementet legg framleis vekt på at det nye selskapet òg opprettar regionale nettverk, slik at ein oppnår eit fruktbart samspel mellom det sentrale kraftsenteret på Ås og regionale forskings- og utviklingsmiljø og næringsliv.
Departementet si vidare satsing på kommersialisering av FoU-resultat innanfor landbruks- og matsektoren vil bli integrert i FORNY-programmet frå 2006, og vil bli sett i samanheng med samanslåing av Biopolis og Bioparken nemnt ovafor, jf. nærmare omtale i kap. 1137
Internasjonalt forskingssamarbeid
I forskingsmeldinga Vilje til forskning er internasjonalt forskingssamarbeid den andre av tre strukturelle prioriteringar. Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra prioritert internasjonalt samarbeid høgt gjennom rammeprogrammet i EU, nordisk samarbeid og forskingssamarbeid med Nord-Amerika. Innanfor det 6. rammeprogrammet i EU har fagområda bioteknologi, mattryggleik og helserisiko, samt berekraftig utvikling vore sentrale område. Landbruks- og matforskingsmiljøa har lukkast godt i konkurransen om prosjektstøtte. Departementet deltar òg aktivt i arbeidet med utvikling av det 7. rammeprogram ved at Noreg m.a. har fått observatørrolle i den ståande komiteen for landbruksforsking (SCAR) som ligg under DG forsking i Kommisjonen. SCAR skal m.a. arbeide for å få til eit utvida samarbeid innan jordbruksrelatert forsking i Europa. Forsking innan skog og det marine ligg òg innanfor SCAR sitt ansvarsområde.
Departementet har dei siste åra arbeida aktivt for å følgje opp strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika innan landbruks- og matområdet. Det har særleg vore fokus på områda mattryggleik, bioenergi, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Landbruks- og matdepartementet arrangerte i august 2004 ein workshop i Noreg på nokre sentrale problemstillingar innanfor desse områda. I september 2005 blei det arrangert ein tilsvarande workshop i Minneapolis. Departementet vil òg i 2006 setje av midlar for å styrkje dette tette samarbeidet med m.a. Universitetet i Minnesota innanfor områda bioenergi og mattryggleik, jf. òg kap. 1137.
I samanheng med dette vil det bli oppretta ei chair-ordning (Norwegian Centennial Chair) ved Universitetet i Minnesota. Landbruks- og matdepartementet vil her vere ein av finansiørane. Landbruks- og matdepartementet si satsing i Nord-Amerika må sjåast i samanheng med løyvingar til same formål over andre departement sine budsjett.
I det norske formannskapsprogrammet for 2006 i Nordisk Råd vil ministerrådet for fiskeri, jord- og skogbruk og næringsmidlar ta initiativ til å kartleggje forskingsmiljø på ulike område for å kunne medverke til å opprette nettverk for spissforskingssentra etter NordForsk sin modell. I den samanheng vil det òg bli arbeidd for få til betre finansieringsmodellar for forskingssamarbeid i Norden.
Finansieringsordningar
Kategorien omfattar departementet sine løyvingar over kap. 1137 m.a. finansiering av forskingsprogram i sektoren, samt basisløyving m.m. til dei åtte landbruks- og matforskingsinstitutta. Den næringsfinansierte forskinga innan landbruks- og matsektoren skjer i dag hovudsakleg gjennom forskingsavgifter. Her inngår avgifta på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket og forskingsavgifta på landbruksprodukt. Tabell 2.4 gir ein samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innan norsk landbruks- og matforsking.
Tabell 2.4 Samla oversikt over Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar og avtale- og avgiftsmidlar som finansierer FoU innan norsk mat- og landbruksforsking. (Tal frå 2005)
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Område | Beløp |
Kap. 1137 post 50 Forskingsaktivitet | 137 821 |
Kap. 1137 post 51 Basisløyving m.m. | 166 565 |
Jordbruksavtalen | 36 000 |
Reindriftsavtalen (Reindriftas utviklingsfond) | 4 500 |
Fondet for FoU-avgift på landbruksprodukt1 | 85 300 |
FoU avgift på skogsvirke (Skogtiltaksfondet)1 | 6 887 |
Utviklingsfondet i skogbruket (kap. 1149, post 51) | 3 170 |
Kap. 1115 Mattilsynet post 01 Driftsutgifter | 5 900 |
Forsking over Omsetningsavgifta | 10 000 |
Sum | 456 134 |
1 Tal frå 2004 ekskl. administrasjonsutgifter
Departementet har òg løyvingar til forskingsbaserte oppgåver over kap. 1112, 1115, 1139, 1141 og 1147. Dette omfattar kunnskapsutvikling og beredskap, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, og utviklingsoppgåver. Departementet legg til grunn at dei ulike finansieringsordningane blir sett i samanheng
Den nye forskingsmeldinga Vilje til forskning, slår fast at næringslivet har eit stort ansvar for å nå vekstmålet om 3 pst. i 2010. Landbruks- og matsektoren består av små aktørar med avgrensa evne til å finansiere forsking. I dei tre nye forskingsprogramma, Mat, Areal og Tre, vil derfor Forskingsrådet ta i bruk verkemiddel som skal medvirke til auka næringsfinansiering. Departementet vil òg i arbeidet med den nye FoU-strategien vurdere nærmare kva av verkemidla som er omtalt i den nye forskingsmeldinga som kan leggje til rett for auka næringsfinansiering innan mat- og landbruksforskinga. Departementet har så langt lagt vekt på å styrkje den næringsfinansierte forskinga gjennom auka avgifter som eit supplement til forskingsmidlane som blir finansiert over statsbudsjettet. Departementet justerte m.a. avgifta på skogsvirke og forskingsavgifta på landbruksprodukt i 2004 for å auke den næringsfinansierte forskinga innan produksjon og foredling av landbruksprodukt. I den samanheng samordna òg departementet styringa av forskingsmidlar over jordbruksavtalen med forskingsmidlar frå Fondet for forskingsavgift. Denne samordninga ser ut til å gje dei ønska synergiane. Frå 2004 har Noregs forskingsråd, Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt òg hatt felles utlysning av forskingsmidlar. Ein slik felles konkurransearena medverkar til å sjå dei ulike finansieringsordningane i samanheng og gjev eit breiare tilfang av gode søknadar.
Når det gjeld FoU-avgifta på skogsvirke er det, etter samråd mellom departementet og organisasjonane i næringa, sett i gang ei evaluering av ordninga. Evalueringa vil ta opp resultatoppnåinga og meirverdien ved å ha ei slik avgift, samt styret og sekretariatet si rolle. Lov om avgift på skogsvirke blir oppheva med ny skogbrukslov f.o.m. 01.01.2006. Dei nødvendige forskrifter om avgifta på skogsvirke er tatt inn i den nye skogbrukslova.
Modernisering av landbruks- og matforskings-institutta
Departementet har sett i gang fleire tiltak med omsyn på å modernisere kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet. Målsetjinga er at forskingsmiljøa skal kunne møte dei ulike brukarane sine behov på ein betre måte, og sikre ein god forskingskvalitet på kort og lang sikt.
I dette arbeidet vil Forskingsmeldinga sine prinsipp om styrking av samarbeidet og samspelet mellom forskingsinstitutt og universitets- og høgskolesektoren innan forsking og utdanning bli lagt til grunn, slik at institutta i stor grad kan fungere som universiteta sine organisasjonar for eksternt finansiert verksemd. I den samanheng vil det òg bli lagt vekt på at universitets- og høgskolesektoren sin grunnforskingskompetanse blir utnytta slik at den komplimenterer instituttsektoren si meir anvendte verksemd.
Bioforsk
I tråd med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005, legg regjeringa i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2005-2006) fram for Stortinget forslag om å etablere Bioforsk som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter frå 01.01.2006.
Landbruks- og matdepartementet sitt utgangspunkt er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk vil inngå i den nye verksemda. Jordforsk sitt representantskap vil ta endeleg stilling til nødvendige endringar i vedtektene i oktober 2005. Tilleggsnummeret vil omtale den nye institusjonen, konkret forslag om etablering, samt økonomiske konsekvensar, inkludert behovet for omstillingsmidlar. Forslaget vil byggje på ein omstillings- og omstruktureringsplan som er under arbeid, og som vil behandle m.a. geografisk struktur, faglege hovudprioriteringar og framtidig bemanning.
Bioforsk skal ta utgangspunkt i den FoU-verksemda som dei tre institutta har hatt innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. Bioforsk vil ha eit nært samarbeid med UMB når det gjeld randsoneverksemd knytt til dei aktuelle fagområda. Samordninga vil gi faglege synergieffektar, og den nye institusjonen skal framstå som ein viktig kunnskapsleverandør innanfor miljø og landbruk.
Ny kunnskapsinstitusjon knytt til arealressursar; skog og landskap
I St.prp. nr. 1 (2004-2005) blei det gjort greie for behovet for vidare arbeid kring spørsmålet om den framtidige organiseringa av kunnskaps- og informasjonsproduksjon knytt til arealressursane (skog, jord, utmark og landskap). I revidert nasjonalbudsjett for 2005, jf. St.prp. nr. 65 (2004-2005) blei det vist til ei særskild utgreiing som har anbefalt at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å gi grunnlag for utvikling av ein ny kunnskapsinstitusjon med formål å medverke til berekraftig forvaltning og næringsbruk av arealressursane.
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å etablere ein ny statleg institusjon. Begge desse institutta er sterke nasjonale kompetansemiljø som arbeider tematisk med ressursane i natur- og kulturlandskapet, men frå ulik inngangsvinkel, høvesvis kart og geodata og skogforsking. Dei utfyller kvarandre såleis både når det gjeld kompetanse og arbeidsoppgåver. Institutta har stort samanfall i eksterne faglege samarbeidsrelasjonar og har fleire felles brukarar. Dei står overfor felles utfordringar knytt til auka konkurranse om oppdrag og finansiering og internasjonalisering av kunnskapsmarknaden. Politiske mål om berekraftig ressursforvaltning, vidareutvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruksnæringa, strukturendringar i landbruket og ny næringsutvikling relatert til dei samla ressursane i landbruket, tilseier behov for større fagleg bredde i kunnskapsproduksjonen. Den samla kompetansen ved dei to institusjonane, både naturfagleg og teknologisk, representerer eit sterkt fundament for utvikling av ein ny og robust kunnskapsinstitusjon. Endra organisering kan skape synergiar, og ny verksemd kan bli utvikla ved å utnytte samanhengar mellom kartleggings- og overvakingsprogramma og forskinga. Den nye institusjonen vil vere eit strategisk verkemiddel for å gjennomføre både landbruks- og matpolitikken og miljøpolitikken på ein meir strategisk og effektiv måte.
Den nye institusjonen skal ha særskilde fullmakter, og blir nettobudsjettert. Frå 01.01.06 vil det bli tilsett direktør, og det blir oppretta eit styre. Desse skal, saman med dei to institutta, leggje til rette for ein endelig samanslåing pr. 01.07.06. På kap. 1141 er det oppretta ein 01-post, som skal dekkje utgiftene for den nye institusjonen i første halvår. Parallelt med dette arbeidet skal dei to institutta i første halvår 2006 halde fram med sine ordinære oppgåver.
Departementet vil kome nærmare tilbake til budsjettkonsekvensane av endringa i revidert nasjonalbudsjett for 2006.
Blå-grøn matallianse – NOFIMA AS
I St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling - Den blå åker, St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning og St.prp. nr. 65 (2004-2005) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2005 gjorde regjeringa greie for arbeidet med å omstrukturere forskingsinstitutta innanfor den blå-grøne sektoren.
Målet med omorganiseringa er å skape rammevilkår for tett forskingsfagleg arbeidsdeling og samarbeid mellom dei fiskeri- og havbruksfaglege og dei landbruksfaglege forskingsmiljøa. Det blir samtidig lagt stor vekt på at ein gjennom omorganiseringa legg til rette for at samarbeidet om undervisning og forsking mellom Universitets- og høgskuleinstitusjonane og dei aktuelle institutta skal utviklast vidare. Det vil bli lagt avgjerande vekt på å utvikle ein institusjon som er internasjonalt konkurransedyktig og i internasjonal forskingsfront på flest moglege område. Arbeidet blir gjennomført i nært samarbeid mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag om å etablere eit holdingselskap for den næringsretta FoU-verksemda med hovudkontor i Tromsø og dotterselskap i Bergen, Ås og Tromsø. Selskapa skal dannast ut frå Akvaforsk AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS, samt relevant næringsretta FoU-aktivitet ved forvaltningsinstitutta Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet. Det vil bli sett ned ein komité for å vurdere kva forskingsaktivitet som eventuelt er aktuelt å overføre frå desse institutta. Den overordna statlege eigarstyringa av den nye verksemda skal skje frå Fiskeri- og kystdepartementet i samråd med Landbruks- og matdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
For å førebu etableringa av holdingselskap og dotterselskap frå seinast 01.01.2007, er NOFIMA AS (Norsk Fiskeri- og Matforskning AS) etablert i 2005. Aksjekapitalen til selskapet er 100 000 kroner, og staten ved Fiskeri- og kystdepartementet eig 100 pst. av selskapet. Som for det endelege holdingselskapet, skal styringa av NOFIMA AS gjerast i samråd med Landbruks- og matdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
Framtidig organisering av NVH/UMB
Ein viser til omtale og behandling av Innst. S. nr. 240 (2004-2005) og St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005, der det ble gjort greie for status i saka og regjeringa sitt forslag til vidare behandling. Forslaget fikk Stortinget si støtte. Utdannings- og forskingsdepartementet følgjer no opp saka ved å følgje ny prosedyre for kvalitetssikring av konseptval, samt styringsunderlag og kostnadsoverslag for valt prosjektalternativ, omtalt som KS1. Kvalitetssikringa vil bli utført av eksternt firma, jf. Finansdepartementet sine retningsliner. Endeleg forslag til vedtak vil bli lagt fram for Stortinget på eigna måte.
Kap. 1137 Forsking og utvikling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Forskingsaktivitet | 144 088 | 137 812 | 150 422 |
51 | Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m. | 161 088 | 166 565 | 175 725 |
Sum kap. 1137 | 305 176 | 304 377 | 326 147 |
Kap. 1137 omfattar løyvingar til forskingsaktivitet, hovudsakleg i regi av Forskingsrådet (post 50), og basisløyvingar til forskingsinstitutta innan departementet sitt sektoransvar (post 51). Basisløyvingane omfattar grunnløyving og strategiske instituttprogram. I tillegg omfattar kapitlet løyvingar til nasjonale oppgåver og støtte til investeringar, samt utviklings- og evalueringstiltak.
Ein gjer framlegg om 326,1 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2006. Dette gir ein vekst på om lag 7 pst. i forhold til saldert budsjett 2005. Departementet vil i 2006 styrkje arbeidet med spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse. I den samanheng gjer ein framlegg om at Landbruks- og matdepartementet går inn i Forskingsrådet og Innovasjon Noreg sitt felles program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) med 5 mill. kroner frå 01.01.2006. Departementet har dei siste åra arbeida aktivt for å følgje opp strategien for auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika innan landbruks- og matområdet. Det har særleg vore fokus på områda mattryggleik, bioenergi, kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av ny næringsverksemd. Departementet gjer i 2006 framlegg om å styrkje det arbeidet med 4 mill. kroner for å vidareføre dette tette samarbeidet med m.a. Universitet i Minnesota innanfor områda bioenergi og mattryggleik.
Post 50 Forskingsaktivitet
Resultatrapport 2004
Løyvingane har i hovudsak blitt brukt til forskingsprogram, strategiske program og andre forskingsaktivitetar i regi av Forskingsrådet. Forskingsrådet har prioritert strategiske program ved å nytte ein større del av løyvinga under post 50 til dette verkemidlet. Likevel blir framleis hovudtyngda av dei strategiske programma finansiert med midlar frå post 51. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet blei i 2004 brukt til finansiering av i alt 12 forskingsprogram. 10 av desse hadde òg finansiering frå andre departement.
Rapporteringa under er gjort i forhold til handlingsplanen Prioriteringar innan mat- og landbruksforskinga. Nærmare omtale av aktiviteten finn ein i Årsrapport 2004 frå Forskingsrådet under nettpublikasjonar på: http://www.forskningsradet.no.
Trygge matvarer
Forsking for trygg mat inngår i fleire av programma i Forskingsrådet. Programmet Næringsmiddel har m.a. omfatta forsking innan organisering av produkttryggleik og risiko i ein internasjonalisert matvaremarknad, og kva slags faktorar som påverkar tilliten til mat hos forbrukarane. Andre sentrale forskingstema har vore kartlegging og metodeutvikling for påvisning av næringsmiddelskadelege mikroorganismar, arbeid med resistenselement i bakteriar isolert frå næringsmiddel og undersøking av effektar av skadelege stoff som akrylamid og miljøgifter i maten. Det er òg under utvikling ein metode for påvisning av ulike typar av genetisk modifiserte planter (GMO) i matvarer, og for risikovurdering ved bruk av GMO i mat og fôr. Satsinga på forvaltingsrelatert forsking på mattryggleik finansiert med midlar frå departementet til Mattilsynet, er vidareført. Programmet Jord, planter og husdyr er i gang med å etablere og evaluere eit norsk program for produksjonsstyring. Frå eit avslutta prosjekt er det komme fram resultat som tyder på at bruk av husdyrgjødsel til grønsakdyrking under norske forhold ikkje gir auka risiko for sjukdom etter konsum av grønsakene. Dette er viktig for økologisk produksjon. I programmet Bioteknologi er det starta opp eit prosjekt som skal identifisere og undersøke uttrykk av genar som er involvert i stressrespons hos bakterien Staphylococcus aureus. Forsking innanfor programmet Havbruk har medverka til etablering av analytiske metodar for relevante marine algetoksin og til etablering av eit overvakingsprogram for krabbe. Forskinga har òg gitt kunnskap som er nyttig i samband med tilråding om utforming og plassering av skjelanlegg og ved fastsetjing av grenseverdiar for algetoksin i skjel.
Produksjon av spesialiserte landbruksprodukt
Ein viktig strategi for å auke lønnsemda i primærnæringane er å satse på produksjon av spesialiserte landbruksprodukt. Mange av aktørane innanfor dette feltet er småbedrifter med avgrensa økonomiske og kunnskapsmessige ressursar og mykje av innovasjonsaktiviteten går derfor føre i interaksjon mellom aktørar. Det er nødvendig med gode system for korleis slike nettverk kan brukast for å gjennomføre innovasjon. Både ved Senter for bygdeforsking og NILF er det sett i gang strategiske instituttprogram med fokus på utvikling av næringsmodellar basert på samarbeidsløysningar eller kollektivt entreprenørskap. Ledige midlar i programmet Jord, planter og husdyr blei utlyst saman med midlar frå Fondet for forskingsavgift og forskingsmidlar over Jordbruksavtalen. Som eit resultat av dette blei det m.a. sett i gang prosjekt om dei økonomiske vilkåra for å dyrke rosenrot i Noreg, om spesielle ernæringskvalitetar i bygg og om stabil og rett kvalitet for norsk matkveite med sikte på å styrka konkurranseevne. I programmet Skog - ressursar og verdiskaping er det i gang eit nyskapingsprosjekt når det gjeld bjørk i synlege konstruksjonar. Det er generelt ein tett og god kontakt mellom skogprogrammet og Treprogrammet i Innovasjon Noreg.
Kollektive gode
Dei landbrukspolitiske måla er i stor grad forankra i produksjon av fellesgode som matvareberedskap, busetnad i distrikta og kulturlandskap. Kulturlandskap er viktig både for næringsutvikling og allmennheta. Det er m.a. i gang forsking som tek sikte på å auke den grunnleggjande innsikta i pågåande prosessar knytt til utmarksressursar og kulturlandskap. Det er òg sett i gang arbeid med å utvikle målbare indikatorar for landbruket som produsent av fellesgodar. Det blei i 2004 starta eit nytt prosjekt for å utvikle ein kunnskapsbasis for vidare arbeid med næringsretta bruk og forvaltning av utmarksressursar, med hovudvekt på vilt og fisk.
Biologisk mangfald
Forskinga innan biologisk mangfald utgjer eit kunnskapsgrunnlag for berekraftig bruk og forvaltning av ressursane. Det er i gang forsking innan fleire program i Forskingsrådet, som vil gi viktige bidrag til ei kunnskapsbasert forvaltning av biologisk mangfald. Konvensjonen om biologisk mangfald og integrert økosystemforvalting står sentralt. Brukarperspektiv og dei sosiokulturelle aspekta av tryggingsarbeidet blir integrert i mykje sterkare grad enn tidlegare. Det er m.a. sett i gang to store, tverrfaglege økosystemprosjekt i Finnmark og i det norske skoglandskapet, som vil gi landbruksforvaltninga viktig og ny kunnskap for ein heilskapleg, økosystembasert forvaltning. Internasjonal forsking og samarbeid på tvers av sektorane er ein føresetnad for å løyse mange problemstillingar knytt til biologisk mangfald, og det er gitt auka prioritet til feltet i EU.
Klima og energi
Mykje av forskingsaktiviteten innan klima og energi skjer ved internasjonalt samarbeid. Det har vore eit arbeid i gang knytt til m.a. forsking om klimatilpassing hos trea i skogen, om utslepp og opptak av klimagassar i jord- og skogbruk, og om kva klimaendringar har å seie for viktige skadeinsekt i norske skogøkosystem. Det blir vidare sett i gang eit prosjekt for å sjå på klimaresponsar i boreale skogøkosystem med hovudvekt på endringar i produktivitet og vegetasjon. Når det gjeld bruk av biomasse frå landbruket til energiføremål, blir det gjennomført eit prosjekt støtta av EU der dei nordiske og baltiske landa tek del. Hovudvekta blir lagt på økologiske og samfunnsøkonomiske aspekt knytt til bruk av bioenergi. Gjennom Samnordisk skogforsking blir det gjennomført eit nordisk/baltisk prosjekt med estimering av karbonlagring i biomassen i skogen med hovudvekt på samarbeid om metodar og samanlikning av ulike biomassefunksjonar.
Økologisk landbruk
Ei arbeidsgruppe sett ned av Forskingsrådet la i oktober 2004 fram eit prioriteringsdokument for vidare forsking innanfor økologisk landbruk. Målet var å sjå på kva slags utfordringar i verdikjeda for økologiske produkt som krev forskingsinnsats og å prioritere oppgåvene i eit femårsperspektiv. CORE Organic er eit fleirnasjonalt forum for økologisk landbruk, som blei oppretta i 2004. Dette samarbeidsorganet vil styrkje kvalitet, relevans og ressursutnytting i europeisk forsking innan økologisk landbruk- og matproduksjon. Aktiviteten vil omfatte koordinering og evaluering av eksisterande forsking, samling av kunnskap og informasjon og identifisering og koordinering av framtidig forsking.
Kunnskapsgrunnlag for politikkutforming
Endringsprosessane i samfunnet, m.a. knytt til utviklinga av naturbaserte næringar, inneber behov for ny kunnskap for å utforme politikk på området. Det er m.a. i gang forsking som studerer ulike sider ved jordvern, og som analyserer handteringa av krisesituasjonar som har oppstått i samband med mattryggleiksproblem dei seinare åra. Analysar av ulike sider ved utviklinga av levekåra i landbruket er vidareført. Det er i gang fleire prosjekt innan skogsektoren. Eit prosjekt analyserer konsekvensar av ulike verkemiddel i skogbruket, mens eit anna tek for seg den internasjonale konkurranseevna til norske trelastbedrifter. To nye prosjekt blei starta i 2004. Eit prosjekt tek for seg det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for internasjonale reguleringar på matvareområdet, mens det andre har som mål å gi næringsmiddelindustrien eit betre bilete av kva slags utfordringar ein står overfor ved ein ny WTO-avtale.
Internasjonalt forskingssamarbeid
I 2004 blei det arbeidd for å fornye forskinga i regi av Nordisk ministerråd. Målet er at det nordiske samarbeidet skal bli meir effektivt og politisk relevant. NordForsk er etablert og er eit samarbeidsorgan mellom nasjonale forskingsorganisasjonar som finansierer forsking. Det er lagt til rette for at sektorane kan fremme forslag til NordForsk for å få såkornstøtte. Innan Jord- og skogbrukssektoren har ein prioritert å styrkje det nordisk samarbeidet om skogforsking og forsking på matområdet der dei nordiske synergieffektane blir rekna som størst.
Forskingsrådet har i 2004 hatt leiarskap og sekretariatsansvar for den nordiske samarbeidsorganisasjonen innan skogforsking - Samnordisk Skogforsking (SNS) og for den tilsvarande nordiske organisasjonen på jordbrukssida - Nordisk kontaktorgan for jordbruksforsking (NKJ). I tillegg til det pågåande forskingssamarbeidet har Forskingsrådet teke del i prosessar for å utgreie vidare nordisk forskingssamarbeid innan landbruks-, fiskeri- og matområdet. Samarbeid om forsking for trygg mat er vidareført gjennom dei ulike organa for nordisk samarbeid. Nordisk innovasjonssenter (NICe) har etablert eit nordisk FoU-samarbeid på utvalde tema innan mattryggleik.
Vidare vil trygg mat inngå som del av den bilaterale forskingsavtalen mellom Noreg og Japan. Forskingsrådet har og tatt del i arbeidet med vidareutvikling av Nord-Amerika-samarbeidet på landbruksområdet.
Forskingsrådet har arbeidd aktivt for å få dei norske FoU-miljøa og næringslivet til å ta del i EU sitt 6. rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Det er gitt støtte til forprosjekt og søknadsførebuingar til forskingsinstitusjonane og verksemder. Halvvegs gjennom rammeprogrammet kan norske søkjarar vise til høg suksess: Kvar tredje søknad med norsk deltaking er godkjend, og norske aktørar er involverte i omkring kvart fjerde prosjekt som Kommisjonen godkjenner. Noreg er òg med i fleire ERA-Net prosjekt, som er ein del av EUs 6. rammeprogram.
Forskingsmiljøa innan landbruks- og matsektoren er aktive deltakarar i det internasjonale forskarnettverket organisert av det vitskaplege og tekniske forskingssamarbeidet COST (European Co-operation in the Field of Scientific and Technical Research). Forskingsrådet har òg støtta norsk deltaking innan IEA-programmet (International Energy Agency) Bioenergy, og stimulert til auka Eureka-samarbeid gjennom forskingsprogramma.
Forskarrekruttering
Gjennom prioritering av forskarrekruttering dei siste åra har talet på forskarrekruttar innan landbruks- og matsektoren finansiert av Forskingsrådet vore aukande fram til 2003. Men tala for 2004 viser ein nedgang, delvis som følgje av reduserte løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet til Forskingsrådet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2003. Forskarrekrutteringa har i 2004 i hovudsak skjedd innan forskingsprogramma eller innan dei strategiske programma. Det blei i 2004 finansiert i alt 103 årsverk knytt til doktorgradsstipend innan landbrukssektoren (mot 116 årsverk i 2003). Kvinnedelen var 66 pst. I tillegg til midlar frå Landbruks- og matdepartementet blei det brukt generelle midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet til forskarrekruttering i sektoren. Det blei avlagt 34 doktorgrader innan sektoren i 2004. 22 av dei blei avlagt av kvinner.
Budsjettframlegg 2006 – post 50 Forskingsaktivitet
Ein gjer framlegg om å løyve om lag 150,4 mill. kroner til forskingsaktivitet innan landbruks- og matforskinga i 2006. Dette inneber ei styrking av forskingsaktiviteten med 9 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets budsjett. I 2006 startar Forskingsrådet opp tre nye store forskingsprogram; Norsk mat frå sjø og land, Næringsutvikling basert på arealressursane og Treprodukter - fra marked til skogbruk, kor Landbruks- og matdepartementet er ein av finansiørane. Dei nye programma skal m.a. fremme innovasjon i norsk matproduksjon, framtidsretta bruk av arealressursar og økt lønnsemd i skog og tre. Programma skal ha fokus på nærings- og forvaltningsretta forsking i heile verdikjeda. Det er viktig å sjå satsingane i samanheng med dei etablerte verdiskapingsprogramma for matproduksjon, reindrift og tre, samt bygdeutviklingsmidlane retta mot næringsutvikling og kunnskapsbasert næringsutvikling. På den måten vil næringslivet få enda betre nytte av det totale tilbodet og enklare kunne sjå desse tilboda i samanheng. Departementet legg vekt på at programma har ein balansert tilnærming til nyskaping, innovasjon og kommersialisering i tillegg til forvaltningas kunnskapsbehov innanfor sentrale område i sektoren.
Matprogrammet har ansvar for forsking for næringsliv og forvaltning i heile verdikjeda frå forbrukar til primærproduksjon. Visjonen for programmet er konkurransedyktige og innovative næringar som leverer norsk mat for framtida, og der målsetjinga er å sikre at forbrukarane får trygge matvarer med rett kvalitet, produsert på ein etisk forsvarleg måte. Departementet har m.a. forventningar til at Matprogrammet vil medverke til å styrkje mangfaldet i matproduksjonen og ivareta forskingsbehov knytt til økologisk og småskala produksjon, og ernæringsretta produktutvikling. Programmet vil òg medverke til å sikre ein kunnskapsmessig oppdatert beredskap mot alvorlege sjukdommar, særleg zoonosar, samt auke kunnskapen om grunnleggjande problemstillingar innan dyrevelferd.
Fellessatsing TRE er et samarbeid mellom Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd, der forskingsdelen er lagt til Forskingsrådet. Større marknadskunnskap, betre tremateriale og treprodukt og auka lønnsemd i næringane er dei viktigaste måla. Det er ei utbredt oppfatning at treprodukt er meir miljøvennlege enn alternative produkt. Kravet til dokumentasjon av denne påstanden aukar. Treprogrammet skal saman med relevante kompetansemiljø arbeide for å framskaffe ny kunnskap og dokumentasjon om miljøfordelane til tre og trevirke. Departementet vil at satsinga m.a. inkluderer forsking på dette, men òg på konsekvensar av ulike forvaltningsstrategiar innan næringa, interessekonfliktane knytt til desse samt forsking på skognæringas regionale rolle.
Program for Areal- og naturbasert næringsutvikling skal produsere ny kunnskap for næringsetablerarar som tek i bruk areal- og naturressursane i tillegg til å gi kunnskap om næringspolitikk og offentlege verkemidlar. Når det gjeld forvaltninga sine kunnskapsbehov må programmet fokusere særskilt på å gje betre innsikt om flaskehalsar og moglegheiter innan regelverket, synleggjere utfordringane knytt til næringsutvikling og samtidig vern om arealressursane. Utviklingspotensialet innan bioenergi som ein miljøvenlig energikjelde vil òg inngå i programmet.
Departementet vil styrkje arbeidet med spreiing og kommersialisering av forskings- og utviklingskompetanse, ved å gå inn som finansiør av Forskingsrådet og Innovasjon Noreg sitt felles program for kommersialisering av FoU-resultat (FORNY) med 5 mill. kroner frå 01.01.2006. Satsinga knyter seg spesielt til prosjektutvikling og verifisering av teknologiske konsept, jf. òg kat. 15.20.
Landbruks- og matdepartementet vil prioritere dei store satsingane Funksjonell genomforsking (FUGE), NORKLIMA og RENERGI. Innanfor FUGE-satsinga er departementet oppteke av at den grunnleggande forskinga blir supplert med innsats mot næringsutvikling. Satsinga innanfor NORKLIMA må rettast mot konsekvensar av klimaendringar for langsiktig produksjon innanfor jordbruk, skogbruk og reindrift. Innanfor programmet RENERGI prioriterar departementet forsking om bioenergi, m.a. utvikling av ny eller betre teknologi både når det gjeld bioenergi til stasjonær bruk og til transportføremål. Dette gjeld særleg teknologi som skal medverke til å senke kostnadane ved uttak av biomasse frå skogsareal og vidare teknologi til produksjon av etanol basert på cellulose og produksjon av syntetisk biodiesel.
Landbruks- og matdepartementet fremma i 2005 ei særskilt satsing på auka forskings- og teknologisamarbeid med Nord-Amerika. Departementet gjer framlegg om å auke denne satsinga med 4 mill. kroner i 2006 på områda mattryggleik, bioenergi og biobaserte produkt. Satsinga til Landbruks- og matdepartementet må sjåast i samanheng med forslag til auka løyvingar på Utdannings- og forskingsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet sine budsjett. Ein viktig føresetnad med satsinga er medverknad frå industrien for å få til kommersialisering av forskingsresultat og utvikling av nye næringar, jf. omtale i kat. 15.20. Internasjonalt forskingssamarbeid vil utover dette hovudsakleg skje med basis i EØS-avtalen, gjennom deltaking i EU sitt 6. rammeprogram og den vidare utforminga av 7. rammeprogram, det Europeiske forskingsområdet, ERA og som observatør i SCAR. Det er viktig å sikre ei brei og god deltaking frå alle relevante forskingsmiljø i EUs rammeprogram for forsking. Forskingsrådet har sett i verk ei ordning med delfinansiering av eigendelen når institutta får tildelt prosjekt frå EU. Løyvinga er vidareført i 2006 på same nivå som i 2005.
Vidare vil nordisk forskingssamarbeid bli prioritert med særleg vekt på næringsmiddelforsking og skogforsking, jf. òg omtale under kat. 15.20.
Departementet legg framleis stor vekt på at midlane frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og avgifta på skogsvirke blir nytta fullt ut, som eit viktig ledd i næringslivet si finansiering av forsking.
Framlegg om etablering av Bioforsk vil bli lagt fram i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2005-2006). Her vil ei plan for struktur- og omstillingstiltak, inkludert behovet for omstillingsmidlar inngå, jf. omtale under kat. 15.20.
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å etablere ein ny statleg institusjon, jf. omtale i kat. 15.20 og kap. 1141. I samanheng med dette vil departementet vurdere behovet for å disponere inntil 1 mill. kroner over kap. 1137 til dette arbeide, jf. kap. 1141 post 01.
Departementet legg på same måte som tidlegare vekt på å halde oppe innsatsen innan forskarrekruttering. Rekrutteringa bør skje via både stipendiatar og post.doc forskarar.
Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
Noregs forskingsråd har i 2006 ansvar for tildeling av basisløyvingar over post 51 til seks forskingsinstitutt som Landbruks- og matdepartementet har sektoransvar for: AKVAFORSK, Bioforsk, Bygdeforsking, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF), Skogforsk og Veterinærinstituttet. Frå 1. juli 2006 vil Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) bli slått saman til ein ny statleg institusjon.
Budsjettforslaget for Bioforsk er basert på at styret i NORSØK samstemt, og styret i Jordforsk med 4 mot 3 stemmer, har vedteke å overføre FoU-verksemda til Bioforsk. Representantskapet i Jordforsk vil ta endeleg stilling til nødvendige endringar i vedtektene i oktober 2005.
Nokre av institutta har oppgåver som ikkje er forsking. Dei er til dels store og omfattar m.a. oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og andre forvaltningsorgan. Løyvingane til desse oppgåvene, som utgjer kunnskapsutvikling og –formidling, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, utviklingsoppgåver og beredskap, er ført opp under kap. 1112, 1139 og 1141.
Hovudtrekk i utviklinga
Samla driftsresultat for landbruksforskingsinstitutta har vore positivt i heile perioden 2000-2004. Driftsinntektene har auka frå 582 mill. kroner i 2000 til 729 mill. kroner i 2004 (ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter). Nokre av institutta har likevel hatt negative driftsresultat i perioden. AKVAFORSK hadde negativt driftsresultat kvart år i perioden 2000-2002 med 2002 som det klart tyngste året økonomisk. For 2003 og 2004 er situasjonen betra og resultatet positivt. Underskottet ved Jordforsk i fire av fem år i perioden 2000-2004 har òg gitt grunn til uro, men underskottet i 2004 er svært lite. Ingen av dei andre landbruksforskingsinstitutta hadde underskott i 2004.
Forskingsrådet kanaliserte i 2004 vel 217 mill. kroner til institutta, fordelt med vel 152 mill. kroner som basisløyvingar (grunnløyving + strategiske program) og 65 mill. kroner som ordinære prosjektmidlar og andre løyvingar. Den samla basisløyvinga til institutta, som del av dei samla driftsinntektene, har vist ein svak reduksjon dei siste fem åra, frå knapt 23 pst. i 2000 til knapt 21 pst. i 2004. Grunnløyvinga til institutta er auka med knapt 1,5 mill. kroner frå 2000 til 2004, medan løyvingane til strategiske program er auka med vel 19 mill. kroner i same periode.
Tabell 2.5 Oversikt over økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2004
Drifts-inntekter1 | Drifts-resultat1 | Grunnløyving | Løyving til strategiske program | Basisløyvingar pr. forskarårsverk | Basisløyving i pst. av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr | 1000 kr | Mill. kr | Mill. kr | 1000 kr | Pst. | |
AKVAFORSK | 69,3 | 6 489 | 10,7 | 10,8 | 581 | 31 |
Bygdeforsking | 16,7 | 369 | 2,7 | 3,4 | 392 | 37 |
Jordforsk | 58,3 | - 30 | 5,4 | 5,7 | 271 | 19 |
NILF | 40,4 | 72 | 4,8 | 3,8 | 205 | 21 |
NORSØK | 15,0 | 3 | 2,3 | 2,0 | 228 | 29 |
Planteforsk | 248,8 | 4 606 | 38,6 | 14,6 | 372 | 21 |
Skogforsk | 70,6 | 1 973 | 20,0 | 11,0 | 552 | 44 |
Veterinærinstituttet | 209,4 | 2 021 | 9,0 | 7,7 | 192 | 8 |
Sum | 728,6 | 15 503 | 93,5 | 59,0 | ||
Gjennomsnitt | 346 | 21 |
1 Totale inntekter ekskl. finansinntekter og ekstraordinære inntekter
Institutta har i 2004 hatt oppdragsinntekter frå offentleg forvalting på 145 mill. kroner og frå næringsliv på 123 mill. kroner. Både oppdragsinntektene frå offentlig forvalting og oppdragsinntektene frå næringslivet har auka med vel 14 pst. frå 2003. I femårsperioden frå 2000 til 2004 har inntektene frå oppdrag for næringslivet auka med 60 pst., mens dei har auka med 41 pst. for offentlig forvalting.
Tabell 2.6 Oversikt over personale og formidling for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2004
Totale årsverk | Forskarårsverk i pst. av totalt antall årsverk | Tilsette med dr. grad pr. forskarårsverk | Vit. artiklar m/referee pr. forskarårsverk | Faglege rapportar pr. forskarårsverk 1 | Anna formidling pr. forskarårsverk 2 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Antall | Pst. | Forh. tal | Forh. tal | Forh. tal | Forh. tal | |
AKVAFORSK | 83 | 45 | 0,76 | 0,95 | 2,3 | 4,4 |
Bygdeforsking | 20 | 79 | 0,51 | 0,38 | 1,1 | 9,1 |
Jordforsk | 78 | 52 | 0,44 | 0,34 | 3,2 | 6,3 |
NILF | 62 | 68 | 0,31 | 0,36 | 1,3 | 4,3 |
NORSØK | 25 | 76 | 0,32 | 0,63 | 0,5 | 8,3 |
Planteforsk | 350 | 41 | 0,66 | 0,25 | 0,6 | 6,3 |
Skogforsk | 97 | 58 | 0,64 | 0,84 | 0,5 | 3,6 |
Veterinærinstituttet | 266 | 33 | 0,77 | 1,05 | 0,6 | 2,9 |
Gjennomsnitt | 123 | 45 | 0,61 | 0,58 | 1,1 | 5,1 |
1 Omfattar rapportar i eigen rapportserie, i ekstern rapportserie og rapportar til oppdragsgjevarar
2 Omfattar fagbøker, lærebøker kapitel/artiklar i bøker, foredrag/framlagde paper/poster, populærvitskaplege artiklar og foredrag
Personalressursane utgjorde i 2004 981 årsverk, ein nedgang på vel 5 pst. frå 2000. 45 pst. av desse årsverka er klassifisert som forskarårsverk. Dette er ein auke frå 39 pst. i 2000. Talet på tilsette forskarar med doktorgrad ved institutta, som i perioden 2000-2003 har vore stabilt på omkring 250, auka i 2004 til 270. Kvinnedelen har auka frå 30 pst. i 2000 til 38 pst. i 2004. I alt 72 doktorgradsstipendiatar hadde arbeidsplass ved institutta, av desse var 65 pst. kvinner. I tillegg kjem 28 andre tilsette som arbeider med doktorgrad, slik at samla tal på tilsette som arbeidde med doktorgrad i 2004 var 100.
I dialogen med institutta har Forskingsrådet fokusert på publisering i internasjonale tidsskrift. Fleire av institutta har innført ulike incentivordningar for å fremme internasjonal publisering. Talet på vitskaplege artiklar publisert i tidsskrift med refereeordning har auka frå 239 i 2000 til 256 i 2004. Utrekna som artiklar pr. forskarårsverk er det likevel ingen auke. Gjennomsnittstalet var 0,58 artiklar pr. forskarårsverk i 2004 mens det i 2000 var 0,59 artiklar pr. forskarårsverk.
Budsjettforslag 2006, post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 175,7 mill. kroner som basisløyving til forskingsinstitutt, fordelt på grunnløyving, strategiske instituttprogram, nasjonale oppgåver og investeringsstøtte til AKVAFORSK. Departementet varsla i St.prp. nr. 1 (2004-2005) Landbruks- og matdepartementet at departementet, i samråd med Forskingsrådet, ville gjennomgå basisløyvingane til dei åtte landbruks- og matforskingsinstitutta. Basisløyvinga som MATFORSK får frå forskingsavgifta på landbruksprodukt skulle inngå i denne gjennomgangen.
Landbruks- og matdepartementet varsla i St.prp. nr. 1 (2004-2005) at departementet ønskjer å gjennomføre ei gjennomgang av finansieringa av dei institutt departementet har eit sektoransvar for. Med bakgrunn i St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning har Utdannings- og forskingsdepartementet gitt Noregs forskingsråd i oppdrag å utarbeide forslag til nytt finansierings- og tildelingsregime for basisløyvingane til forskingsinstitutt og forslag til nye retningsliner for statleg finansiering av desse institutta. Då denne gjennomgangen òg vil omfatte forskingsinstitutta innan landbruks- og matområdet, har departementet, i samråd med Forskingsrådet, komme fram til at det ikkje er nødvendig med eigen gjennomgang av finansieringssystemet for landbruks- og matinstitutta.
Fleire av landbruks- og matforskingsinstitutta utførar oppgåver innan kunnskapsutvikling og beredskap på vegne av departementet, jf. kap, 1112, 1139 og 1141. Departementet har i 2005 vurdert støtta til desse oppgåvene for å sikre ein mest mogleg lik terminologi og praksis for avtaler og oppfølging innanfor reglane for statleg økonomiforvaltning.
Nasjonalt samarbeid og arbeidsdeling mellom dei landbruks- og matvitskaplege forskingsinstitusjonane er ein føresetnad for rasjonell utnytting av ressursane. Omorganiseringar og samarbeid i landbruks- og matforskinga er omtalt i kat. 15.20. Ut over dei prosessane som konkret er nemnde, føreset departementet at institusjonane framleis legg stor vekt på auka samarbeid seg imellom.
Post 51 Basisløyvingar til forskingsinstitutt m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
51.11 | Grunnløyvingar til forskingsinstitutt | 91 420 | 94 528 | 101 421 |
51.12 | Strategiske instituttprogram | 58 990 | 60 996 | 62 972 |
51.13 | Nasjonale oppgåver | 8 678 | 8 973 | 9 264 |
51.14 | Investeringsstøtte | 2 000 | 2 068 | 2 068 |
Sum post 51 | 161 088 | 166 565 | 175 725 |
Underpost 51.11 Grunnløyvingar til forskingsinstitutt
Grunnløyvingane skal gå til aktivitetar som er sentrale for forskinga ved institutta, slik som langsiktig kompetanseutvikling, fagleg fornying, rekruttering, forsking innan institutta sine kjerneområde, vitskapleg utstyr, kvalitetssikring, nettverksbygging, publisering og formidling.
Underpost 51.12 Strategiske instituttprogram
Noregs forskingsråd tildeler strategiske program til institutt og forskingsmiljø ved universitet og vitskaplege høgskolar innan Landbruks- og matdepartementet sitt sektoransvar. Målet er å skape forskingsmiljø av høg kvalitet gjennom målretta grunnleggjande forsking, brukarretta forsking og kompetanseoppbygging, slik at dei kan utvikle seg til gode reiskap for forsking, forvaltning og næringsliv innan sektoren. Programma skal føre til fagleg styrking og spesialisering av sentrale forskingsmiljø innanfor område som er aktuelle for næringsutvikling. Forskarutdanning skal vere eit sentralt element innan programma. Gjennom strategiske program kan ein medverke til ei god arbeidsdeling og eit godt samarbeid mellom FoU-miljøa med sikte på arbeid på tvers av ulike fag- og institusjonsgrenser og betre utnytting av den samla spisskompetansen innan landbruks- og matforskinga.
Dei strategiske programma skal brukast til å utvikle kompetanse innanfor prioriterte forskingsfelt og felt der det er behov for rekruttering og til å etablere og vidareutvikle faglege tyngdepunkt.
Underpost 51.13 Nasjonale oppgåver
Løyvinga skal dekkje utgifter knytt til Skogforsk og Bioforsk som gjeld bibliotek, referansesamlingar, deltaking i internasjonale organisasjonar og utgreiings- og informasjonsoppgåver. Det er sett av midlar til medlemskap i Nordiske jordbruksforskarars foreining (NJF). NJF er eit forum for personar som er knytt til landbruksvitskapleg forsking, undervisning og rettleiing i Norden. Målet er å fremme jordbruksforskinga og formidle resultata gjennom utvikling av samarbeid mellom jordbruksforskarar i Norden.
Underpost 51.14 Investeringsstøtte
Forsøksstasjonen på Averøy blei kjøpt tilbake i 1996 basert på ei avtale mellom Noregs forskingsråd og eigedomsselskapet AKVAFORSK AS og finansiert med tilskott frå Forskingsrådet i ti år, får 1997 til og med 2006. Løyvinga skal dekkje Forskingsrådet sitt tilskott. Det foreslås sett av 2 mill. kroner til dette i budsjettframlegget for 2006 som er det siste året tilskottet blir løyvd.
Landbruks- og matforskingsinstitutta
Institutt for akvakulturforsking AS (AKVAFORSK)
Rapport 2004
AKVAFORSK er eit aksjeselskap eigd av UMB, Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO), NVH, kommunane Sunndal og Averøy, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har ein stor del av verksemda si i Møre og Romsdal, medan hovudkontoret ligg på Ås. AKVAFORSK har som mål at det skal vere leiande innan forsking og kunnskapsoverføring i moderne akvakultur. Kjerneområde er genetikk, ernæring, produksjonsstyring/miljø og produktkvalitet. Forskingsaktiviteten er samla i tre forskingsgrupper, og dei to forskingsstasjonane er samla til ei organisatorisk eining.
AKVAFORSK sitt økonomiske resultat var positivt både for 2003 og 2004, etter å ha hatt driftsunderskott kvart år i perioden 2000-2002. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 21,5 mill. kroner i 2004, som er ein auke på 0,2 mill. kroner frå 2003. Basisfinansieringa auka i perioden 2000-2003 frå 30 til 35 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. I 2004 gjekk den ned igjen til 31 pst. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2000 til 2004 auka frå 74 til 83. Talet på forskarar som del av totale årsverk har vore om lag 45 pst. i heile perioden. AKVAFORSK har hatt fire strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2006
AKVAFORSK skal vere leiande innan sine spesialfelt avl/genetikk, ernæring og kvalitet. Arbeidet med nasjonal allianseskaping med sentrale aktørar innan havbruk skal vidareførast. Instituttet skal produsere tverrfagleg kunnskap til privat og offentleg sektor for å skape ei lønnsam akvakulturnæring innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. Laks og aure er framleis hovudartar, men arbeidet for å overføre kunnskap frå dei etablerte artane til nye artar skal halde fram. Forskinga skal konsentrerast om hovudutfordringane: Avl med sikte på tilpassing av artar til oppdrett, god produktkvalitet, etisk produksjon og godt oppdrettsmiljø. Det skal særleg satsast meir på å få til effektiv utnytting av fôr og forsking på nye fôrmiddel. Målsetjinga er at totalkompetansen ved AKVAFORSK skal vere eit viktig verkemiddel for ei vidare utvikling og eit større overskott for havbruksnæringa. Den breie kompetansen må nyttast i undervisninga AKVAFORSK utførar.
Det er viktig å halde oppe den faglege verksemda parallelt med aktiv deltaking i dei vidare prosessane i den blå-grøne matalliansen, der Akvaforsk vil vere ein sentral aktør (sjå omtale under kat. 15.20 Blå-grøn matallianse – NOFIMA AS).
Bioforsk
Målsetjing 2006, jf. og kat. 15.20 og kap. 1112
I tråd med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2005, legg regjeringa i eit tilleggsnummer til St.prp. nr. 1 (2005-2006) fram for Stortinget forslag om å etablere Bioforsk som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter frå 01.01.2006.
Landbruks- og matdepartementet sitt utgangspunkt er at Jordforsk, NORSØK og Planteforsk vil inngå i den nye verksemda, jf. omtale i kat. 15.20. Tilleggsnummeret vil innehalde ein meir detaljert omtale av målsetjinga til Bioforsk.
Den overordna visjonen for Bioforsk er trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping basert på langsiktig ressursforvaltning.
Bioforsk skal vere ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar gjennom forsking og utviklingsarbeid innan planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfaglege spørsmål. Bioforsk skal medverke til auka innovasjon, betre miljøkvalitet, berekraftig ressursforvaltning og matproduksjon til nytte for næring, forbrukarar og samfunn.
Selskapet vil såleis ha fire pilarar i sin faglege plattform og virke:
Næringsutvikling og verdiskaping innan landbruk og andre arealbaserte næringar
Miljøspørsmål, i første rekkje relatert til jord og vatn, men og i forhold til kulturlandskap og livsmiljø for menneske og husdyr
Berekraftig ressursforvaltning, i første rekkje knytt til jord, vatn, landskap og avfallsressursar, men òg i forhold til biologisk/genetisk mangfald
Trygg mat, retta mot produktkvalitet, plantevern, dyrevelferd, produksjonspotensiale og beredskapsomsyn.
Gjennom ein samarbeidsavtale med Universitetet for miljø- og biovitenskap vil ein utløyse ytterlegare synergiar i form av betre kvalitet og auka samla nasjonal og internasjonal konkurransekraft på dei to institusjonane sine felles kjerneområde.
Senter for jordfaglig miljøforsking (Jordforsk)
Stiftelsen Jordforsk er eit nasjonalt kompetansesenter innan jordfaglege og tilgrensande fagområde med hovudvekt på miljø og ressursspørsmål. Den faglege verksemda til Jordforsk ligg innan biologisk avfallshandtering, spesialavfall og miljøgifter, jordressursar og miljøinformasjon, hydrogeologi, økologisk renseteknologi og vass- og stoffbalanse i kulturlandskapet. Jordforsk har eit eige laboratorium, Jordforsk Lab, som leverar rutineanalysar til landbruket, miljøforvaltninga og forskinga.
Rapport 2004
Jordforsk hadde i 2004 eit underskott på 437 000 kroner, som er 750 000 kroner mindre enn året før, medan drifta, dvs forskingsverksemda og Jordforsk Laboratorium gikk med eit samla overskott på 576 000 kroner. Fusjonsprosessen i Bioforsk og avviklinga av dotterselskapet NAVA har gitt ekstraordinære kostnader.
Basisfinansieringa til instituttet var i 2004 på 11,1 mill. kroner, ein nedgang med 0,6 mill. kroner frå 2003. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet har vore stabil på 18-20 pst. av dei totale driftsinntektene i perioden 1999-2004. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2000-2004 vore stabilt på 75-78, medan talet på forskarar som del av totale årsverk har vore 51-53 pst. i heile perioden.
Inntekter frå oppdrag, medrekna analysar, var i 2004 på 46,6 mill. kroner, ein auke på 4,3 mill. kroner. Det har vore ein inntektsauke på 10 pst. på oppdrag frå den opne marknaden som følgje av ein målmedveten satsing på marknadsføring. Ordreinngangen har i 2004 utvikla seg godt, og denne utviklinga synest å halde fram.
Jordforsk har hatt eitt strategisk program som del av basisløyvinga frå Landbruks- og matdepartementet gjennom Noregs forskingsråd. I tillegg har instituttet hatt fleire strategiske program finansiert av basisløyvinga frå Miljøverndepartementet gjennom forskingsrådet.
Den internasjonale verksemda er omfattande med deltaking i fleire EU-prosjekt og fleire prosjekt i Austersjøregionen, særleg i Baltikum. Instituttet er med i bistandsorientert verksemd i Afrika og Asia. Det internasjonale forskarnettverket til Jordforsk er utvikla vidare. EU sine Cost-aksjonar er m.a. viktig her.
Målsetjing 2006
Sjå omtale under Bioforsk.
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Stiftelsen NORSØK er eit nasjonalt kompetansesenter med føremål å fremme utvikling av økologisk landbruk. Instituttet samarbeider nært med dei andre landbruksfaglege FoU-institusjonane, og har sekretariatsfunksjonen for Forskingsutvalet for økologisk landbruk.
Rapport 2004
NORSØK sitt økonomiske resultat var positivt alle år i perioden 2002-2004, etter å ha hatt negativt driftsresultat i 2000 og 2001. Basisfinansieringa blei redusert frå 4,5 mill. kroner i 2003 til 4,3 mill. kroner i 2004. Basisfinansieringa utgjorde i 2004 om lag 29 pst. av dei totale driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet har vore stabilt på 24-25 i perioden 2000-2004, medan talet på forskarar som del av totale årsverk har vore mellom 73 og 79 pst. NORSØK har i 2004 hatt eitt strategisk program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2006
Sjå omtale under Bioforsk
Norsk institutt for planteforsking (Planteforsk)
Planteforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Planteforsk skal vere leiande i bruksretta forsking og utvikling i planteproduksjon, eit nasjonalt kompetansesenter i plantefaglege spørsmål og skaffe fram kunnskap som medverkar til konkurransedyktig produksjon, miljøvenlege produksjonsformer og forsvarleg bruk av naturgrunnlaget. Planteforsk skal utvikle kunnskap som grunnlag for ein konkurransekraftig, verdiskapande produksjon og ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Kunnskapen skal styrkje grunnlaget for verksemd i distrikta, sikre miljøet og ivareta etiske og estetiske verdiar i samfunnet.
Rapport 2004
Planteforsk har hatt driftsoverskott i heile perioden 2000-2004 og økonomien til instituttet er god. Planteforsk er eit stort institutt. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2000-2004 gått ned frå 375 til 350. Talet på forskarar i forhold til totale årsverk har vore relativt konstant mellom 38 pst. og 41 pst. Basisfinansieringa var i 2004 på 53,2 mill. kroner, ein auke på 4,8 mill. kroner frå 2003. Basisfinansieringa har i perioden 2000-2004 vore stabil på 20-22 pst. av dei totale driftsinntektene. Døme på prioriterte forskingsområde ved instituttet er faglege og økonomiske samanhengar mellom innsatsfaktorane i primærproduksjonen, trygge og sunne matvarer, lagring og transport av vegetabil, presisjonsjordbruk, økologisk produksjon, grøntanlegg og våtorganisk avfall. Planteforsk har i 2004 hatt seks strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2006, jf. òg kap. 1112 postane 51 og 52
Sjå omtale under Bioforsk
Norsk senter for bygdeforsking (Bygdeforsking)
Stiftelsen Bygdeforsking har som mål å vere eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innan bygdesosiologi.
Rapport 2004
Stiftelsen Bygdeforsking har som mål å vere eit nasjonalt senter som gjennom forsking og utviklingsarbeid skal gi fakta, analysar, idear og ny kunnskap som kan medverke til ei positiv utvikling på bygdene. Bygdeforsking har eit nasjonalt ansvar for å utvikle og ta vare på ein teoretisk og metodisk grunnleggjande forskingskompetanse innan bygdesosiologi.
Bygdeforsking har eit positivt driftsresultat i heile perioden 2000-2004, med unntak av eit lite underskott i 2003. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet var på 6,1 mill. kroner i 2004, som er ein auke på 0,4 mill. kroner frå 2003. Basisfinansieringa har i perioden 2000-2004 auka frå 23 til 37 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Talet på årsverk ved instituttet har vore om lag 20 i heile perioden 2000-2004. Talet på forskarar som del av totale årsverk var i 2004 79 pst., om lag same del som i 2000. Bygdeforsking arbeidde i 2004 med samfunnsvitskapleg forsking på følgjande forskingsområde: Bygde- og næringsutvikling, omstilling og innovasjon, Matproduksjon, forbrukarhaldningar og etikk, Kultur, levekår og arbeidsmiljø samt Ressursforvalting, kulturlandskap og miljøspørsmål. Instituttet var sommaren 2004 lokal arrangør av Verdskongressen i bygdesosiologi. Bygdeforsking har hatt tre strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2006
Bygdeforsking skal framleis leggje vekt på kunnskapsutvikling og formidling innan felta:
næringsutvikling knytt til bygder og landbruk i omstilling
berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar i kyst- og bygdesamfunn
næringsmiddelindustrien og lokal foredling av matvarer frå naturbaserte næringar
matproduksjon, forbrukarspørsmål og miljø i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
heilskapleg bygdeutvikling med fokus på rekruttering og kjønnsspørsmål
Departementet legg til grunn at det i 2006 blir satsa enda meir innan forsking på ulike typar tenester med basis i ressursane og arbeidskrafta på garden, herunder regionalt reiseliv og ressursbasert bygdeturisme. Det er viktig at Bygdeforsking opprettheld og vidareutviklar sitt omfattande samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, t.d. ved forskarutveksling og med deltaking i komparative prosjekt i t.d. USA og Europa.
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF)
NILF er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. NILF har som mål å medverke til høgt kunnskapsnivå i samfunnet og gi eit solid grunnlag for økonomiske og landbrukspolitiske avgjerder knytt til produksjon, foredling og omsetting av landbruksprodukt. Instituttet skal vere leiande innan næringsøkonomi og føretaksøkonomi i landbruket og landbruksbasert industri. NILF tek òg oppdrag relatert til fiskeri- og havbrukssektoren, med særskilt vekt på handelspolitiske spørsmål.
Rapport 2004
NILF har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2000-2004. Basisløyvinga frå Forskingsrådet var i 2004 på 8,6 mill. kroner, som er ein auke på 0,5 mill. kroner frå 2003. Basisfinansieringa frå Forskingsrådet har vore stabil på 20-24 pst. av dei totale driftsinntektene i perioden 2000-2004. Talet på årsverk ved instituttet var i 2004 totalt 62, ein nedgang frå 68 i 2000. Det er dei siste åra lagt stor vekt på å byggje opp og vidareutvikle forskingskompetansen til instituttet gjennom målretta bruk av grunnløyvinga og dei strategiske programma. NILF har hatt to strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2006, jf. kap. 1141 post 50
Forskingsverksemda til NILF må ta utgangspunkt i skisserte mål og oppgåver for instituttet. Generelt er det viktig at NILF orienterer seg etter marknaden og styrkjer kompetansen innanfor felt der ein kan rekne med at forsking og utgreiing vil bli etterspurd.
Føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og analyse av verdikjeda for matvarer skal framleis vere sentrale fagområde. Departementet ønskjer og auka kompetanse knytt til entreprenørskap og generelt om annan næringsverksemd på landbrukseigedom enn den tradisjonelle jordbruksdrifta.
Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk)
Skogforsk er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Landbruks- og matdepartementet. Instituttet skal saman med UMB vere leiande på forsking i Noreg innan fagområde knytt til skog. Instituttet skal styrkje det vitskapelege grunnlaget for berekraftig verdiskaping, miljøinnsats og forvaltning knytt til skog- og utmarksressursane, og dekkje behov samfunnet har for kunnskap på området både på kort og lang sikt. Innan utvalde område skal Skogforsk vere på eit høgt internasjonalt nivå.
Skogforsk sin visjon Skogforsk – ledende på skog, tre og miljø, og instituttet sitt verdigrunnlag er samanfatta i orda samfunnsnytte, innovasjon og truverd. Det er eit mål at resultata frå forskinga blir formidla effektivt med sikte på fornying av skogsektoren.
Rapport 2004
Skogforsk har hatt positivt driftsresultat i åra 2000-2004. Vidareutviklinga av instituttet har halde fram òg i 2004, i første rekkje når det gjeld kontakt og samarbeid med brukarane av instituttet sine resultat. Det var ein sterk reduksjon i talet på årsverk ved Skogforsk i perioden 1999-2003, medan nettoreduksjonen i 2004 var på eitt årsverk til totalt 97. Av dei tilsette var 35 pst. kvinner i 2004. Talet på forskarar i forhold til totale årsverk er auka frå 44 pst. i 2000 til 58 i 2004. Instituttet brukte noko over 56 årsverk til FoU-oppgåver, og litt over 71 pst. av forskarane hadde formell doktorgrad eller er rekna som kvalifisert på nivå med dr. grad. Instituttet hadde ei basisfinansiering på 31 mill. kroner frå Forskingsrådet i 2004, ein nedgang på 0,3 mill. kroner frå 2003. Basisfinansieringa har i perioden 2000-2004 variert mellom 42 og 46 pst. av dei totale driftsinntektene til instituttet. Skogforsk har hatt fem strategiske program som del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd og totalt sju slike program. Av desse blei tre avslutta i 2004.
Målsetjing 2006, jf. òg kap. 1141 post 51
Skogforsk har høg kompetanse innanfor ei rekkje område, spesielt innanfor ressursforvaltning og biologisk mangfald. Instituttet har utvikla ein strategisk plan, og departementet legg særleg vekt på følgjande område; (i) berekraftig økonomisk utnytting av ressursane i skog og utmark, (ii) utvida analyser av dei komplekse, dynamiske og sårbare økosystema. Kompetansen innanfor dei meir tradisjonelle felta må tilpassast aktuelle problemstillingar. Dei faglege prioriteringane må generelt tilpassast moglegheitene for inntekter, noko som inneber at forholdet til eksisterande og nye kundar og brukarar må vidareutviklast. Samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar i inn- og utland er nødvendig, og den internasjonale verksemda ved Skogforsk får auka vekt.
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å etablere ein ny statleg institusjon, jf. omtale under kat. 15.20 og kap. 1141.
Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, som skal vere leiande og konkurransedyktig innan forsking, overvaking og rådgiving med framsynt beredskap innan mattryggleik, fôrhygiene, landdyr-, fiske-, og skjelhelse i Noreg. I tillegg er dyrevelferd eit nytt viktig arbeidsområde frå 2004. Veterinærinstituttet utførar forvaltningsretta forsking og strategisk grunnforsking for å fylle oppgåva som kompetanse- og forvaltningsstøtteinstitusjon.
Rapport 2004
Veterinærinstituttet har hatt driftsoverskott kvart år i perioden 2000-2004. Basisfinansieringa har auka frå 10,1 mill. kroner i 2000 til 16,7 mill. kroner i 2004, men dette utgjer likevel ein liten del (8 pst.) av dei totale driftsinntektene. Talet på årsverk ved instituttet har i perioden 2000-2004 vore stabilt på om lag 265 årsverk. Talet på forskarar i forhold til totale årsverk har auka frå 27 til 33 pst. i perioden. Veterinærinstituttet har i 2004 hatt fire strategiske program som ein del av basisløyvinga frå Noregs forskingsråd.
Målsetjing 2006, jf. òg kap. 1112 post 50
Det er viktig at forskingsverksemda ved Veterinærinstituttet held fram i minst same omfang som tidligare. I tråd med evalueringane som er gjort av verksemda, legg ein til grunn at Veterinærinstituttet særleg skal leggje vekt på forvaltningsretta forsking innan instituttet sine kjerneområde patologi, mikrobiologi, immunologi, kjemi, toksikologi og epidemiologi.
Internasjonal handel med dyr og dyreprodukt inneber risiko for innførsel av smittestoff og framandstoff. Veterinærinstituttet må prioritere forsking på diagnostiske, analytiske og epidemiologiske metodar, med sikte på å gi forvaltninga betre grunnlag for å kunne ta rette avgjerder. Vidare må Veterinærinstituttet leggje stor vekt på internasjonalt samarbeid og deltaking i internasjonale forskingsprosjekt.
Veterinærinstituttet har avgjerande kompetanse både på landbruks- og havbruks/ fiskeriområdet. I samband med arbeidet med å etablere eit holdingsselskap for den næringsretta FoU-verksemda innan blå-grøn sektor, jf. omtale i kat. 15.20 «Blå-grøn matallianse – NOFIMA AS), vil ein i 2006 vurdere om noko av verksemda ved instituttet bør leggjast til dette selskapet.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 13 529 | 17 100 | 19 647 | 14,9 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregi-streringar | 26 383 | 30 796 | 32 531 | 5,6 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 32 831 | 33 949 | 36 802 | 8,4 |
1143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143) | 325 022 | 318 681 | 200 613 | -37,0 |
1144 | Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket | 9 819 | 7 313 | 7 547 | 3,2 |
1145 | Jordskifterettane (jf. kap. 4145) | 154 924 | 150 991 | -100,0 | |
1146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146) | 79 972 | 82 454 | 80 518 | -2,3 |
1147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147) | 45 146 | 52 497 | 51 604 | -1,7 |
1148 | Naturskade - erstatningar og sikring | 83 979 | 68 089 | 83 348 | 22,4 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 327 215 | 336 170 | 357 259 | 6,3 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150) | 11 421 874 | 10 767 749 | 11 045 899 | 2,6 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 99 132 | 95 000 | 92 500 | -2,6 |
1161 | Statskog SF - forvaltningsdrift | 23 891 | 24 083 | 24 854 | 3,2 |
Sum kategori 15.30 | 12 643 717 | 11 984 872 | 12 033 122 | 0,4 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
4143 | Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143) | 39 676 | 29 217 | 30 152 | 3,2 |
4145 | Jordskifterettane (jf. kap. 1145) | 15 606 | 11 374 | -100,0 | |
4146 | Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146) | 36 353 | 28 641 | 29 558 | 3,2 |
4147 | Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147) | 786 | 30 | 31 | 3,3 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150) | 89 797 | 145 000 | 145 000 | 0,0 |
5545 | Miljøavgifter i landbruket | 85 423 | 75 000 | 75 000 | 0,0 |
5571 | Totalisatoravgift | 99 051 | 89 000 | 96 000 | 7,9 |
Sum kategori 15.30 | 366 693 | 378 262 | 375 741 | -0,7 |
Kat. 15.30 omfattar næringspolitikk og miljø- og ressurspolitikk. Apparatet for gjennomføring av politikken femnar om både kommunane, fylka og sentralt nivå og er omtalt i kat. 15.00, kat. 15.20 og i kapitla under denne kategorien. Regjeringa legg opp til ei løyving på om lag 12,03 mrd. kroner. Av dette er om lag 11,05 mrd. kroner knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Mål og strategiar
Hovudmålet for landbrukspolitikken er auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar. Auka verdiskaping er mogleg både ved auka verdi av produkta gjennom auka spesialisering og marknadsorientering, større fridom til å etablere nye livskraftige næringar i landbruket og ved kostnadseffektivisering i verdikjedene. Auka verdiskaping vil gi eit sikrare grunnlag framover og er ein føresetnad for målet om eit aktivt landbruk over heile landet. Landbrukspolitikken skal òg medverke til eit meir omfattande og geografisk spreitt landbruk og eit meir miljøvennleg og langsiktig landbruk enn det reine marknadsløysingar ville ha gitt. Næringsverksemd, ressursforvaltning og forvaltninga av fellesgode grip inn i kvarandre og krev ei samordna utforming av politikken. Lokale og regionale styresmakter har fått større ansvar til å prioritere mellom ulike satsingar med grunnlag i nasjonale og regionale strategiar, og departementet legg auka vekt på ein forenkla og meir fleksibel eigedomspolitikk og moderniserte bygdeutviklingstiltak, som ser det tradisjonelle jordbruket og nye næringar meir i samanheng.
Moderniseringa av landbrukspolitikken er samla under nemninga Landbruk Pluss, jf. innleiinga.
Landbruksproduksjonen blir i aukande grad påverka av internasjonale avtaler og ein meir open marknad. Den jordbruksbaserte matvaresektoren har ein total produksjonsverdi på meir enn 100 mrd. kroner, og utgjer om lag 21 pst. av industrien sin totale produksjonsverdi. Jordbruk og matvareindustrien sysselsett meir enn 100 000 årsverk. Både marknadsdelen på heimemarknaden og delen som blir eksportert er fallande. Det er likevel eit aukande forbruk av norskproduserte varer fordi totalmarknaden aukar noko. Innan skogbruket og skogindustrien, er det ei sysselsetjing på om lag 18.000 årsverk og ei total produksjonsverdi på over 40 mrd. kroner. Næringa opererer i ein uskjerma verdsmarknad og eksporterer årleg for om lag 15-17 mrd. kroner.
Måla for landbruks- og matpolitikken er:
trygge matvarer og fremme mangfald og forbrukaromsyn
god dyre- og plantehelse og eit etisk forsvarleg dyrehald
ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt vern av jordsmonnet, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet
eit aktivt landbruk over heile landet og attraktive buplassar i bygdene
nasjonal matforsyning , ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande, marknadsretta og berekraftig produksjon av varer og tenester
ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart
handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og forhandlingar
Kat. 15.30 femner om fleire av desse måla, og departementet peiker i det følgjande på nokre hovudpunkt i samband med prioriteringane for 2005.
Miljø og berekraftig ressursforvaltning
Departementet skal sikre at miljøomsyn, positive miljøbidrag frå landbruket og berekraftig ressursforvaltning er ein integrert del av den samla næringspolitikken. Departementet legg vekt på at vurdering av konsekvensar for miljøet alltid skal inngå i arbeidet når departementet sett i verk nye tiltak. Vesentlege delar av løyvingane og innsatsen i landbrukspolitikken er miljøretta.
Departementet si satsing på miljø omfattar særleg vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka bruk av tre, auka bruk av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv. God forvaltning av miljø og ressursar skal gi grunnlag for nye næringar og medverke til å skape attraktive buplassar på bygdene.
Aktivt landbruk og attraktive buplassar
Det er eit viktig mål for regjeringa å sikre aktivitet og busetjing i distrikta. Regjeringa vil både støtte opp om ei utvikling mot større einingar som grunnlag for ein effektiv landbruks- og tenesteproduksjon i det tradisjonelle landbruket og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk eller i distrikta, men hente inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa vil gi borgarane større fridom til å til sjølv å ta stilling til korleis dei vil bu i distrikta og korleis dei vil utnytte ressursane på garden. Samtidig skal politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord, unngå uheldige driftsløysingar og ta vare på kulturlandskapet, jf. òg omtale under avsnittet om jord- og landskapsressursar.
Regjeringa vil føre vidare arbeidet med forenkling av regelverket og styrking av lokaldemokratiet for å gi fylka og kommunane større kraft i arbeidet med å sikre gode butilhøve, auka verdiskaping og levande bygder i heile landet. Hovudansvaret for eigedomspolitikken er lagt til kommunane, m.a. knytt til saker etter jord- og konsesjonslovene.
Nasjonal matforsyning, konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande vare- og tenesteproduksjon
Det er eit mål at det norske landbruket skal dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. I ein meir open marknad er det nødvendig med tiltak som kan auke effektiviteten og redusere produksjonskostnadene i dei store volumproduksjonane. Det er gras- og kornproduksjonane som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som saman med andre tiltak, sikrar konkurransekrafta.
Landbrukspolitikken legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. Dette gjeld både naturressursane, dei menneskelege ressursane og samarbeid mellom ulike sektorar. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og nyskaping gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området og næringane.
Reindrift
Dei viktigaste utfordringane i reindriftspolitikken er knytt til beitegrunnlaget og den økologiske berekrafta i næringa. Dette er òg avgjerande for økonomisk og sosial berekraft. Departementet vil særleg leggje vekt på arbeidet med å få ned reintalet i delar av Finnmark. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor forsterke innsatsen for å finne fram til tiltak som kan redusere dette problemet.
For at reindrifta framover skal vere eit fundament for samisk kultur, er det viktig at den både blir oppfatta og forvalta som ei næring med økonomisk verdiskaping og effektiv produksjon. Landbruks- og matdepartementet vil prioritere ei slik utvikling av reindrifta.
Internasjonale rammevilkår for næringsverksemd
Internasjonale avtaler og prosessar legg rammer for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde. I det internasjonale arbeidet er målet å ta vare på nasjonale interesser og samtidig medverke til framgang i prosessane. I 2006 vil WTO-forhandlingane stå sentralt i departementet sitt internasjonale arbeid. Regjeringa si overordna målsetjing for forhandlingane er å sikre at det òg i framtida vil vere rom for å føre ein nasjonal landbrukspolitikk. Saman med andre land med likearta interesser (G10-gruppa), vil regjeringa fortsette arbeidet i WTO for å sikre ei forhandlingsløysing som gir best mogleg marknadstilgang for varer og tenester, og som gjer det mogleg å oppretthalde eit levedyktig landbruk over heile landet. Nasjonal produksjon vil vere avgjerande av omsyn til levande bygder, mattryggleik, og kulturlandskapet. I forhandlingane skal det òg takast omsyn til u-landa sine spesielle behov.
I forhold til internasjonale skogpolitiske spørsmål og ei betre forvaltning av verda sine skogar arbeider Noreg for eit meir forpliktande samarbeid mellom landa. FN sitt skogforum er ein viktig arena for dette. Noreg tek òg aktivt del i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) som m.a. tilrettelegg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg tek del i koordineringa av denne europeiske skogpolitiske prosessen og vil i åra framover få ei meir leiande rolle.
Det er eit mål for regjeringa å vidareføre Noreg si rolle som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar i Verdas Matvareorganisasjon (FAO) og i Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD).
Gjennomføring av politikken
Auka innovasjon i landbrukssektoren i vid forstand er ein viktig føresetnad for å oppnå auka mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester frå sektoren samtidig som strukturendringane i landbruket held fram.
For å auke verdiskapinga må vilkåra for innovative prosessar vere til stades. Dette gjeld m.a. å ta i bruk ny teknologi, utvikle nye produkt og tenester, etablere nye organisasjonsformer og gå inn i nye marknader. Dette. krev igjen eit høgt kunnskapsnivå, FoU, kreativ nyskapingsevne, tilgang på risikovillig kapital, konkurranse, godt samspel mellom privat og offentleg sektor og eit internasjonalt perspektiv.
Det skjer mykje innovasjon i regi av aktørane i sektoren, og departementet har ei viktig rolle når det gjeld å utvikle rammevilkår som fremmer slike innovative prosessar gjennom til dømes regelverksforenkling og utvikling av nasjonale og lokale arenaer mellom næringsutøvarar og FoU-miljø. Det er dette som ligg til grunn for den satsinga på næringsutviklingsprogram og regionale strategiar som er omtalt i avsnitta nedanfor og arbeidet med ny forskingsstrategi som er omtalt i kat. 15.20.
Næringspolitikk
Jordbruks- og matpolitikk
I jordbrukspolitikken følgjer regjeringa ein strategi som gir større valfridom for aktive jordbruksverksemder. Det er viktig for målet om ei inntektsutvikling i jordbruket på line med andre grupper i samfunnet. Politikken skal ta større omsyn til jordbruksverksemder der jordbruksproduksjonen kan gi eit viktig bidrag til inntekta. Dette skal gi ein meir effektiv volumproduksjon, med lågare produksjonskostnader. Samtidig skal auka aktivitet innan alternativ næringsutvikling gi nye arbeidsplassar og eit meir allsidig næringsliv i distrikta med grunnlag i landbruket sine ressursar.
Denne politikken gir resultat. Produksjonen er stabil eller aukar. Den geografiske fordelinga er stabil. Auken i arbeidsproduktivitet er noko høgare enn tidlegare. Det er òg små skilnader i utviklinga i sysselsetjinga mellom primærnæringskommunar og tenesteytingskommunar. Arealbruken held seg oppe, men syner ein viss tendens til reduksjon, etter ein periode med sterk auke. Aktiviteten innan ny næringsutvikling syner ein positiv utvikling og tal frå Innovasjon Noreg syner at investeringane så langt i år ligg på eit klart høgare nivå enn i 2004. Samtidig aukar importen av mat. Det er derfor viktig at politikken framleis betrar jordbruket si konkurransekraft.
I internasjonale forhandlingar arbeider regjeringa for å sikre handlingsrom for å oppretthalde ein nasjonal landbrukspolitikk som kan leggje grunnlag for eit aktivt landbruk i heile landet. Samtidig må politikken utformast slik at landbruket og industrien blir i stand til å møte dei aukande krava frå forbrukarane i ein marknad som blir stadig meir open.
Rammevilkåra for landbruket vil vere under endring dei næraste åra som følgje av internasjonale prosessar, først og fremst WTO-forhandlingane. Dei nye rammevilkåra må leggjast til grunn for utforminga av den framtidige næringspolitikken i landbruket. Det blir ei viktig utfordring framover å tilpasse den nasjonale landbrukspolitikken og strategiar for næringa til nye internasjonale rammevilkår, og slik at ein samtidig når måla for politikken.
Strategiane i Landbruk Pluss har vore sentrale i samband med jordbruksavtalane dei seinaste åra, m.a. med modernisering og forenkling av regelverk og sterkare regionalisering av fleire verkemiddel, særleg bygdeutvikling og miljø. Det er sett i verk fleire tiltak for å harmonisere regelverket for ulike typar av føretak. Reglane og handlingsrommet i mjølkeproduksjon er no meir i samsvar med det som gjeld for andre produksjonar. Dette er gjort ved at både kvotetaket, maksimalt husdyrtilskott til enkeltbruk og forholdet til direkte kvoteomsetning mellom produsentane er auka. Fleire særreglar for samdrifter er endra eller avvikla, slik at val av organisasjonsform i mindre grad blir styrt av reguleringar og tilskottsordningar. Investeringstiltaka legg no betre til rette for ei strukturutvikling som kan sikre lønnsemd i jordbruksbedriftene. Departementet meiner det auka handlingsrommet vil gjere det lettare å rekruttere nye produsentar med riktig kompetanse. I jordbruksavtalen for 2005-2006 blei m.a. marknadsordningane for fjørfekjøtt og korn reformert og forenkla. Jordbruksavtalen er omtalt i St.prp. nr. 69 (2004-2005).
Matmangfald og produksjon av trygg mat med høg kvalitet er viktige satsingsområde innan landbruks- og matpolitikken. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon og Konkurransestrategiar for norsk mat er viktig for å få fram eit mangfald av særeigne matprodukt og blir ført vidare i 2006. For å få til auka verdiskaping og lønnsame verksemder er det nødvendig at potensialet i ein nasjonal og internasjonal matmarknad blir utnytta betre ved effektivisering i alle ledd frå råvare til vidareforedling, distribusjon, marknadsføring og sal og ved at verkemidla blir tilpassa dei utfordringane ein har på ulike område. Det er nødvendig med eit heilskapeleg system for kvalitetssikring. Systema bør sjåast i samanheng med tiltak for heva kompetanse. Det vil bli sett ned ei arbeidsgruppe for å få vurdert alle sider ved ei samordning av Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og Godt Norsk, m.a. som grunnlag for kompetansehevande tiltak. Målsetjinga er synergiar og auka måloppnåing.
Forbrukarpolitiske omsyn er aktuelle langs heile produksjonskjeda, og legg òg premissar for næringsutviklinga innanfor landbruksbasert matproduksjon. Departementet vil derfor i aukande grad sjå dei forbrukarpolitiske trendane i samanheng med verkemiddelbruken i landbruket elles.
I ein samla matpolitikk er det òg viktig å stimulere til samspel mellom næringspolitikk, norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og tiltak som stimulerer folkehelse og auka livskvalitet.
Skogbruk og bioenergi
Hovudlinjene i skogpolitikken er knytt til auka verdiskaping frå produksjon av varer og tenester frå skog og utmark og til ei langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursgrunnlaget med riktige omsyn til viktige miljøkvalitetar. Skogbruket er grunnlaget for skogindustrien som er ei av dei tre største fastlandsindustriane. Skogindustrien gir store eksportinntekter til landet og har stor lokal verdi for sysselsetjing og skatteinngang.
Aktiviteten i skogbruket er framleis låg med ei avverking i 2004 på noko over 7,3 mill. m3 til sal og industriell produksjon og kanskje opp mot 2 mill. m3 til brensel. I følgje Statistisk sentralbyrå var dette ein auke i tømmeravverkinga på 8 pst. frå året før, men avverkinga i 2004 var likevel låg samanlikna med tidlegare. Når det gjeld trevirke til brensel er Statistisk sentralbyrå sin statistikk svært usikker, og det er no starta eit arbeid for å lage betre statistikk. Samla sett ser det ut til at fallet i avverkinga har stoppa opp og at det var ein svak auke i 2004.
Den totale tilveksten i skogen er like fullt om lag tre gonger høgare enn avverkinga, mellom 18 og 19 mill. m3 til saman for gran og furu og drygt 5 mill. m3 for lauvtre. Analysar viser at vi årleg kan avverke om lag 11-13 mill. m3 utan å svekkje ressursgrunnlaget framover. Denne mengda kan òg aukast når kulturskogen etter skogreisinga blir hogstmoden. Eit auka hogstkvantum vil ha stor positiv verdi for lokal verdiskaping og sysselsetjing og vil òg gi auka eksportinntekter
Lønnsemda i næringa, og tilhøva i verdsmarknaden er viktige årsaker til den låge avverkinga. Marginane er små,og det er viktig å få til kostnadsreduksjonar til dømes når det gjeld avverking og transport. Det er ei hovudutfordring å få til ny optimisme i næringa gjennom betre lønnsemd og auka verdiskaping i sektoren. Den svake lønnsemda fører òg med seg låg aktivitet med omsyn til investeringane i oppbygging og stell av ny skog. Departementet vil derfor i løpet av hausten og vinteren 2005-2006 gjennomføre eit utgreiingsarbeid med sikte på å kartleggje faktorar som påverkar avverkingsnivået og vurdere strategiar og tiltak for å auke avverkinga. Representantar frå næringa og fylka skal trekkast med i arbeidet.
Departementet viser i den samanheng til Stortingets behandling av St.prp. nr. 65 (2004-2005), jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005) der det blei fatta følgjande anmodningsvedtak: «Stortinget ber Regjeringen utvikle nasjonale strategier for økt avvirkning av skog.» Departementet vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte når det gjeld arbeidet med ein slik strategi.
Departementet har satsa på ulike verdiskapingstiltak knytt til verdikjedene i skogen for å snu den utviklinga som er nemnd ovanfor. Dette gjeld m.a. Treprogrammet og Bioenergiprogrammet. Dette har vore viktige og vellykka tiltak for auka aktivitet og auka verdiskaping i sektoren, jf. kap. 1149, post 50 og 71.
Treprogrammet blei skipa i 2000, som eit femårig program, for å auke bruken av tre og verdiskapinga knytt til tre. Auka satsing på produktutvikling og marknadsretting vil òg gi positive bidrag til lønnsemda i primærskogbruket. Programmet har gitt gode resultat, som m.a. utviklinga av miljøvennleg impregnering for trevirke, auka bruk av trebruer og auka satsing på trebruk i byane gjennom til dømes prosjektering og bygging av høghus av tre slik dette no skjer på Svartlamoen i Trondheim. Auka trebruk har positiv miljøverdi ved at bruk av varige treprodukt forlenger den karbonbindinga som skjer i skogen og treprodukt kan erstatte andre produkt med større klimagassutslepp i produksjon eller bruk. Departementet vil derfor ha ei tresatsing i åra som kjem. I Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling er auka trebruk eit satsingsområde. Strategien støttar opp om næringa sitt mål om 0,75 m3 trebruk pr. innbyggjar pr. år innan 2010. For å sikre god kopling mellom aktørar innan forsking og bedriftsretta utvikling er det skipa eit samarbeid mellom Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg som er kalla Fellessatsing Tre. Denne satsinga vil femne om departementet si vidare tresatsing og Forskingsrådet sine skogrelaterte program.
Ei av dei viktigaste utfordringane framover er å sikre ei god og miljøvennleg ressursforvaltning av skogressursane på lang sikt. Dette er viktig for å sikre framtidig aktivitet og verdiskaping med grunnlag i skogressursane og krev gode nasjonale og lokale ressursoversikter, god kompetanse i næringa og tilstrekkeleg satsing på å få opp ny skog etter hogst og å stelle denne. Skogfondsordninga (tidlegare skogavgift), tilskotta over LUF, jf. kap. 1149, til skogbruksplanlegging og til nærings- og miljøtiltak i skogbruket som kommunane forvaltar, den nye skogbrukslova som trer i kraft frå 01.01.2006 og satsinga på ny kunnskap i næringa blir viktige verktøy for å få til ei slik utvikling.
Departementet legg framleis stor vekt på at skogbruket må arbeide vidare med gode miljøtilpassingar. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar gir eit godt grunnlag for eit verdiskapande og miljøvennleg skogbruk. Departementet sendte sommaren 2005 ut eit utkast til ny forskrift om berekraftig skogbruk på høyring og tek sikte på at ein slik forskrift skal gjelde frå 01.01.2006. Departementet fører vidare kunnskapsarbeidet knytt til prosjektet Miljøregistrering i skog. Dette vil gi ny og viktig kunnskap knytt til både biologisk mangfald og kulturminne i skog og følgjer òg arbeidet mellom næringa og miljørørsla når det gjeld å føre vidare samarbeidet frå miljøprosjektet Levande skog.
Auka bruk av bioenergi har både miljø- og næringspolitisk verdi. Bruk av bioenergi er CO2-nøytralt og vil såleis verke til å oppfylle klimapolitiske mål. I regjeringa si satsing på nye fornybare energikjelder, er målet å auke produksjonen av desse med 12 TWh innan 2010. Noreg er i ei særstilling når det gjeld å bruke elektrisitet til oppvarming (70 pst.). Bioenergi er den energikjelda som har størst potensial for å erstatte elektrisitet til oppvarming og til å medverke til oppfylling av målet for ny fornybar energi. Med utsikter til aukande energiprisar, er bioenergi eit område med stort potensial for sysselsetjing og verdiskaping i landbruket. Potensialet for auka uttak av bioenergi frå landbruket er berekna til 30 TWh ut frå reint økologiske og tekniske forhold. Erfaringstal tilseier at ein generelt for bioenergiproduksjon kan rekne med fleire hundre årsverk pr. TWh. I departementet sin strategi for næringsutvikling er bioenergi eit satsingsområde med mål om å auke lønnsemda og vidareutvikle bioenergi som forretningsområde. Strategien støtter opp om næringa sitt mål om å auke bruken av bioenergi frå 16 TWh i dag til 26 TWh i 2015. Bioenergiprogrammet som blei etablert i 2003, er eit viktig verkemiddel for oppfølging av departementet si satsing på bioenergi. Frå hausten 2004 er satsinga styrkt og utvida slik at den òg femnar om gardsanlegg kor det blir drive med tilleggsnæringar, produksjon av biodrivstoff og produksjonsstøtte for skogsflis (pilotprosjekt). Interessa i næringa er klart aukande, og ein byrjar å sjå resultat av satsinga.
Landbruk - meir enn landbruk
Satsinga på næringsutvikling knytt til landbruket er både forsterka og endra dei seinare åra gjennom moderniseringsprosjektet Landbruk Pluss. I arbeidet med å leggje til rette for ein auka marknadsbasert næringsverksemd er det utvikla ein samla strategi, Landbruk - meir enn landbruk som femnar om heile verdikjeda, frå primærproduksjon fram til forbrukar. Siktemålet er å gjere den samla effektiviteten i verdikjeda monaleg betre. Ut frå dei strukturelle endringane som går føre seg er det òg viktig at alle ledd i verdikjeda trekk i lag, og at primærprodusentane kan få ein rimeleg del av verdiskapinga sett i forhold til den innsats dei gjer. Den nasjonale strategien Landbruk - meir enn landbruk har auka lønnsemd som hovudmål, målet skal bli nådd gjennom fem hovudstrategiar, og strategiar for dei nasjonale satsingsområda mat, trevirke, bioenergi, reiseliv og opplevings- og tenesteproduksjon. Det er fastsett konkrete resultatmål for fleire satsingsområde, og det blir arbeidd med å utvikle nye mål- og resultatindikatorar som skal takast i bruk frå 2006. Det skal òg gjerast eit arbeid for i større grad å integrere økologisk landbruk og miljøprogram i dette opplegget for næringsutvikling. Vidare skal det bli utvikla ei særskilt satsing på næringsutvikling knytt til setring.
Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling er etablert, og skal delvis erstatte styra for enkeltprogramma. Omlegginga inneber ei meir overordna styring av programma. I tillegg etablerer Innovasjon Noreg faglege arenaer på utvalde område. Arenaene skal vere møteplass for diskusjon av vesentlege tema innan dei ulike bransjane.
Det er sett i gang ein rekkje ulike tiltak retta inn mot lokal matproduksjon, nye tilbod om gardsturisme og ulike tiltak retta inn mot å syne levande og vakkert kulturlandskap, aktiv landbruksverksemd og næringsverksemd med basis i lokal kultur. Departementet arbeider aktivt saman med andre departement for å leggje betre til rette for slik verksemd. Eit resultat av dette er at det er utvikla eit opplegg med vegskilt for tilbod om bygdeturisme og sal av gardsprodukt. Symbolet som blir nytta er ein brun hane. Skiltforskrifta blir forvalta av Norsk Bygdeturisme og Gardsmat og tiltaket er venta å gi stor positiv effekt for sal av lokale kvalitetsprodukt frå landbruket og lokal foredling.
Status for satsinga på dette området er elles m.a. at over 10 000 landbruksføretak i perioden 2001-2004 har motteke støtte til investeringstiltak frå Innovasjon Noreg. Av desse har vel 5 000 satsa innanfor tilleggsnæringar. Ei undersøking frå MMI viser at nesten 7 000 gardbrukarar enten har starta småskala matproduksjon eller har planer om å gjere det. Innanfor denne gruppa finn vi m.a. om lag 600 gardsbruk som driv med Inn på tunetverksemd og 140 lokale osteprodusentar.
Erfaringane frå andre land har vist at opphavsmerking har ført til auka omsetning og auka lønnsemd både hos primærprodusentane og næringsmiddelprodusentane. Arbeidet med merkeordninga Beskytta nemningar blir prioritert òg i 2006. Det er stor interesse for ordninga. Så langt er to produkt godkjent, medan det ligg heile 15 søknader til behandling i Matmerk og Mattilsynet
Mellom mange gode eksempel er prosjektet Håndplukket eit marknadsføringsprosjekt der 14 føretak som er retta mot den norske føretaksmarknaden deltek. Prosjektet er initiert av det tidlegare Marknadsføringssamarbeidet Bygdeturisme og er no inne i sitt tredje driftsår. Deltakarane blir marknadsført som føretak som har moderne møtefasilitetar i eit ekte miljø, kulinariske smaksopplevingar inspirerte av lokale råvarer og varierte og engasjerande aktivitetar. Målet er at deltakarane skal oppnå ei omsetning på 500 000 kroner som følgje av deltakinga i prosjektet, og fleire av deltakarane rapporterar å ha nådd dette målet.
Det nasjonale prosjektet Streif er ei landsdekkjande hovudsatsing innanfor prosjektet Mat og kulturlandskap 2005 og hundreårsmarkeringa for Noreg som sjølvstendig nasjon. Alle fylka arrangerer eit eller fleire streif i tida februar - oktober 2005. Måla med Streif-prosjekta er m.a. å skape glede og stoltheit over kulturlandskapet som kjelde til aktivitet, rekreasjon og oppleving, auke forståinga for verdien av lokal matproduksjon, gjere folk medvitne om utfordringane knytt til å ta vare på og oppretthalde kulturlandskapet og å vise fram landskap og mat som kjelde til nasjonal identitet.
Som eit eksempel på eit av dei mange gode enkeltføretak kan nemnast Rudi Gard som sidan 2000 har utvikla eit konsept innan kulturbasert næringsutvikling. Rudi Gard har blitt ein attraktiv kulturarena og ein markant aktør innan kulturopplevingar, arrangement, utstillingar og servering på garden. Talet på besøkjande har auka frå 100 i år 2000 til 7 000 i 2003. Verksemda har kvalitetsmerket Olavsrosa og har motteke fleire prisar, mellom andre Bygdeturismeprisen 2004.
Som ein del av regjeringa sitt arbeid med innovasjonspolitikk og verdiskaping over heile landet har Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet arbeidd for å leggje betre til rette for å utnytte areal- og bygningsressursane i landbruket til næringsverksemd. I denne samanheng er plan- og bygningslova sentral. Formålet har vore å effektivisere plan- og bygningslova som eit verkemiddel i ein slik samanheng. Miljøverndepartementet fastsette derfor i 2005 i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet nye retningsliner knytt til plan- og bygningslova og Landbruk Pluss som er publisert som ei handbok for kommunane og ei brosjyre til gardbrukarane. Kommunane blir oppmoda om å leggje til rette for landbrukstilknytt næringsverksemd i planlegginga. Målet er eit større handlingsrom for utvikling av nye næringar.
Landbruks- og matdepartementet samarbeider med miljøvernstyresmaktene for å leggje til rette for auka næringsverksemd og turistbruk i fjell og utmarksområde, både innanfor og utanfor verneområda. Samtidig skal bruken ikkje vere til skade for natur- og kulturhistoriske verdiar. Dette er m.a. ei oppfølging av den såkalla Fjellteksten i St.prp. nr. 65 (2002-2003) og har stått sentralt i arbeidet med Landbruk Pluss.
I tråd med dei nye strategiane for næringsutvikling vil Landbruks- og matdepartementet saman med Innovasjon Noreg arbeide vidare med å samle og styrkje innsatsen innan landbruksbasert reiseliv og anna tenesteproduksjon.
Samarbeidet mellom landbruket og andre næringar og sektorar er viktig for verdiskaping i distrikta. Landbruket byr på mange kvalitetar som er grunnlag for reiseliv og anna næringsverksemd i Noreg, m.a. landskap, husdyr, utmarksprodukt, mat, kultur og historie. Med utgangspunkt i landbruket sine ressursar, ofte i samarbeid med andre bransjar, er det derfor mogleg å auke inntektene frå produkt, tenester og opplevingar innan reiseliv og andre område.
Med sikte på å vidareutvikle den økonomiske verdiskapinga frå det samla ressursgrunnlaget i landbruket og på bygdene, og som ein oppfølging av St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning, vil Landbruks- og matdepartementet i 2006 konkretisere det vidare arbeidet med næringsutvikling knytt til bioteknologi.
Innlandet 2010
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for Innlandet 2010 som er eitt av ni prosjekt i Regjeringa si sektoroverbyggjande satsing på innovasjon. Innlandet 2010 har som mål å auke nyskapinga og føretaksetableringa i dei delane av landet som ikkje har hatt så stor auke i verdiskapinga som dei langs kysten.
Eit utviklingsråd med eit fleirtal av representantar frå næringslivet i innlandet utreda våren 2005 potensialet for nyskaping i innlandet. Utviklingsrådet tilrår ei målretta satsing innanfor handlingsområda industri, bioteknologi, bioenergi, reiseliv, kultur og oppleving og informasjonstryggleik. Utgreiinga viser òg til landbruket si viktige rolle som produsent av råvarer og kulturlandskap.
Likt med regjeringa sitt syn på behovet for ein regionalt forankra politikk for nyskaping, tek innlandet sjølve, dvs. det regionale næringslivet, kompetansemiljøa og den offentlege forvaltninga, arbeidet med å løyse dei fleste utfordringane som følgjer av utgreiinga. Regjeringa vil på si side følgje opp arbeidet med Innlandet 2010 med 20 mill. kroner i 2006, og ser arbeidet som eit godt døme på regional utvikling, og eit tiltak som skaper auka vekst gjennom ein god dialog mellom regionale og sentrale styresmakter.
Reindrift
Reindrifta blir praktisert i store delar av landet og under ulike forhold. Utfordringane er mange og samansette. Stabile vilkår for reindriftsnæringa er ein føresetnad for å kunne skape tryggleik i næringa. Dette gjeld distrikts- og siidainndeling, fastsetjing av beitetider og fastsetjing av høgste talet på rein for reinbeitedistrikta. Reindriftsutøvarar i område der desse vilkåra er fastsett, har ei betre lønnsemd enn utøvarar der slike fundamentale spørsmål ikkje er avklarte.
For reinbeiteområda i Finnmark er slike rammevilkår enno ikkje fullt ut fastsette. Det er derfor viktig at dette arbeidet held fram og blir prioritert høgt. Klare rammevilkår er ein føresetnad for at ein over tid skal få tilpassa reintalet til beitegrunnlaget. Det er lagt ned eit omfattande arbeid med å få ned reintalet i delar av Finnmark. Departementet ser det derfor som avgjerande viktig at arbeidet med å bringe reintalet i balanse med beiteressursane held fram. Dette blir følgt opp gjennom å leggje til rette for slakting og gode marknadsforhold, samt gjennom revisjon av reindriftslova.
Marknadssituasjonen for reinkjøtt er ein heilt annan no enn den var ved inngangen til slaktesesongen 2004. Når tala òg viser at det siste sesong blei slakta meir enn 50 pst. fleire rein enn året før, er det ein klar indikasjon på at ein er på rett veg.
Regjeringa vil prioritere arbeidet med å få fram ei ny reindriftslov. Nytt lovverk kan gi eit effektiv verktøy i arbeidet med å få eit reintal i balanse med ressursane.
For reindrifta i heile landet er det ei utfordring å få til auka verdiskaping for næringsutøvarane m.a. gjennom auka lokal foredling, høgare foredlingsgrad, samt betre marknadsføring av produkt av rein. Auka kompetanse er sentralt for ei positiv utvikling av reindrifta. Dette arbeidet vil halde fram. Dette inneber òg at den kompetansen som er i reindrifta blir dokumentert og vidareutvikla slik at den kan nyttast i forsking og forvaltning av næringa.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken. Reindriftsavtalen 2005/2006 vidarefører ei omlegging av verkemiddelbruken som inneber at ein vektlegger premiering av innsats, produksjon og vidareforedling. Produksjonspremien er retta mot verdiskaping og produksjon i reindrifta, og vil kunne gi eit incitament til å auke omsetninga ved å levere varer av høgare kvalitet og/eller ved å foredle varene ytterlegare. Partane i reindriftsforhandlingane blei samde om å vidareføre innsatsen for å betre marknadssituasjonen både på kort og lang sikt. Dette er etter regjeringa sitt syn òg eit heilt nødvendig arbeid dersom ein skal få tilpassa reintalet til ressursgrunnlaget.
Verdiskapingsprogrammet for rein blei skipa i 2001. Føremålet med programmet er å auke verdiskapinga i reindriftsnæringa på ein slik måte at det kjem reineigarane til gode. Programmet har så langt gjeve støtte til over 100 prosjekt. Ei rekkje av desse er støtte til vidareforedling av kjøtt og til utnytting av biprodukta. Samla har programmet gitt støtte til etablering av 70 nye føretak. Regjeringa ser det som viktig å ha eit langsiktig perspektiv på denne typen satsing, og at det arbeidet som skjer innanfor programmet blir vidareført.
Reindrift er ei særs arealkrevjande næring med marginale beiteområde, behov for ulike sesongbeite og flyttevegar mellom dei. Inngrep og forstyrring innanfor beiteområda og fragmentering av beiteland er truleg ein av dei alvorlegaste truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag, og dermed mot det materielle grunnlaget for samane sin kultur. På bakgrunn av dette er det behov for å sikre reindrifta sine areal, særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift. Reindriftsforvaltninga vil i 2005 sluttføre arbeidet med ein verdiklassifisering på arealbrukskart. Eit anna sentralt verktøy i samhandlinga mellom reindrifta og offentleg forvaltning er reindrifta sine distriktsplanar.
Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemiddelet for å sikre ressursgrunnlaget i reindrifta. Det er viktig at samhandlinga mellom kommunal og fylkeskommunal forvaltning og reindrifta sine styrings- og forvaltningsorgan blir utvikla for å auke forståinga for det særmerkte ved reindrifta og for behovet for samanhengande friareal.
Busetjing og eigedomspolitikk
Det er eit viktig mål for regjeringa å sikre aktivitet og busetjing i distrikta.
Det samla talet på landbrukseigedommar er stabilt på om lag 180 000, medan talet på aktive føretak er i overkant av 54 000. Det er altså omlag 125 000 landbrukseigedommar som ikkje er i eigen drift sjølv om jorda haldast i hevd ved leigeavtaler o.a. Mange av desse eigedomane har heiltidsbusetjing eller nyttast som feriebustad, men nokre av dei er ikkje lenger i bruk.
Regjeringa vil både støtte opp om ei utvikling mot større einingar som grunnlag for ein effektiv landbruks- og tenesteproduksjon og samtidig leggje til rette for dei som vil bu på eit gardsbruk eller i distrikta, men hente inntekta frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Regjeringa vil gi borgarane større fridom til å til sjølv å ta stilling til korleis dei vil bu i distrikta og korleis dei vil utnytte ressursane på garden. Samtidig skal politikken ta vare på dyrka og dyrkbar jord til beste for framtidige generasjonar, unngå uheldige driftsløysingar og ta vare på kulturlandskapet m.a. som grunnlag for rekreasjon, jf. òg omtale under avsnittet om jord- og landskapsressursar.
Eigedommar og bygningar er viktige ressursar. Departementet arbeider med å innrette politikken slik at areal- og bygningsressursane kan takast i bruk på ein meir aktiv måte. Likeeins ønskjer regjeringa ein politikk som stimulerar til auka aktivitet når det gjeld dei eigedomane som i dag ikkje er i aktiv eigen drift. Slik auka aktivitet kan både vere knytt direkte til landbruksdrift eller ved anna næringsverksemd eller busetjing.
Ein vil òg forenkle og endre lovgjevinga for å leggje til rette for meir lokalt og regionalt tilpassa politikk, og for at eigaren skal få større valfridom til sjølv å ta stilling til korleis ressursane på garden kan utnyttast best.
Ei undersøking gjennomført av Markeds- og mediainstituttet (MMI) viser at om lag 200 000 menneske kunne tenkt seg å flytte til eit småbruk i eit meir grønt miljø. Departementet arbeider for at dette skal bli enklare å få til for dei som ønskjer å realisere slike tankar. I Telemark er det gjennomført eit pilotarbeid som viser at dei som har kjøpt ein liten gard og flytta til ei Telemarksgrend er ressurspersonar med høg utdanning, og om lag 50 pst. av dei har med seg si eiga verksemd når dei flyttar. Dette er eit døme på at større tilgang på småbruk kan gi positive effektar for distrikta. Regjeringa vil derfor leggje til rette for auka omsetning av landbrukseigedommar for å sikre aktivitet og busetjing i distrikta. Departementet arbeider òg for at det skal bli enklare å få frådelt store boligtomter i landbruksområde. Forsøk i fleire kommunar viser at dette gir auka tilflytting.
Regjeringa har dei siste åra fremma ei rekkje framlegg til endringar som samla har som formål å forenkle og oppdatere lovverket som gjeld eigedomsressursar, og å stimulere til omsetning av slike ressursar. I samband med dette er det òg lagt vekt på at eventuelle avgrensingar i eigaren sin handlefridom i større grad skal avgjerast lokalt.
Retten til å fatte vedtak etter jordlova, konsesjonslova, odelslova og skogbrukslova blei lagt til kommunane frå 01.01.2004. Saman med det ansvaret kommunane frå før hadde i saker som gjeld buplikt og nedsett konsesjonsgrense, såkalla 0-konsesjon, kan dei no òg m.a. avgjere delings- og omdisponeringssaker og konsesjonssaker. Kommunane fekk med dette ei meir aktiv rolle og eit auka handlingsrom når det gjeld eigedomspolitikken. Kommunane kan utøve sitt eige skjønn innanfor rammene i lovene og ta lokale omsyn alt etter om eigedomen ligg i eit område som er prega av fråflytting eller om det er eit pressområde. I alt 75 kommunar har fastsett forskrifter om nedsett konsesjonsgrense i heile kommunen eller i enkelte delar av kommunen.
Ny konsesjonslov tok til å gjelde 01.01.2004. I den nye lova blei konsesjonsplikta oppheva for mange eigedommar, m.a. for eigedom med bygningar, når totalarealet ikkje er på meir enn 100 daa der inntil 20 daa kan vere fulldyrka jord. Ved priskontroll etter konsesjonslova aksepterer landbruksstyresmaktene no eit noko høgare prisnivå, idet kapitaliseringsrenta er senka, og det kan bereknast inn ein buverdi for bustaden på landbrukseigedomen. For konsesjonspliktige landbrukseigedommar med bygningar er det heller ikkje nødvendig å foreta prisvurdering dersom kjøpesummen er under 750 000 kroner. Alle desse endringane tek sikte på å stimulere til aktivitet, innovasjon og busetjing i distrikta.
Regjeringa meiner at delingsforbodet i jordlova kan leggje unødige hindringar i vegen for ein fleksibel eigedomspolitikk og vil gå inn for at delingsforbodet blir oppheva. Eit slikt framlegg er no sendt på høyring. Etter framlegget kan eigaren dele landbrukseigedom eller frådele rettar knytt til eigedomen utan samtykke frå landbruksstyresmaktene. Unntak frå delingsfridomen er der frådelinga gjeld dyrka jord som ikkje blir selt som tilleggsjord til annan landbrukseigedom. Framlegget kan føre til auka busetjing og næringsutvikling i distrikta samtidig som fleire kan få tilgang på kjøp av tilleggsareal.
Departementet vil gjennomføre eit lovarbeid knytt til odelslova. Det ligg no eit privat framlegg om å oppheve Grunnlova § 107 om vern av odels- og åsetesretten til behandling i Stortinget. Det er nødvendig å avvente Stortinget sin behandling av dette framlegget før framlegga i odelslovutvalet eventuelt kan følgjast opp.
Jordskifte er eit viktig verkemiddel for å få til landbrukseigedommar som kan drivast på ein rasjonell måte. Departementet har starta arbeidet med ein brei gjennomgang av jordskiftelova. Lova må oppdaterast slik at ho høver med tida og tilhøva ut frå dei behova eigarar, rettshavarar og samfunnet har. Vidare vil regjeringa i haust på ny gjere framlegg om å endre nogjeldande jordskiftelov. Proposisjonen blei lagt fram for Stortinget våren 2005, men Stortinget rakk ikkje å behandle denne saka før sesjonens slutt. Framlegget inneber m.a. at jordskifte kan brukast for å få gjennomført planar etter plan- og bygningslova. Dette vil føre til betre arealutnytting i byar og tettstader og slik sett vere med å spare viktige jordbruksareal.
Miljø og ressurspolitikk
Jord- og landskapsressursar
Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøvernpolitikken. Regjeringa sin samla strategi for å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord har desse måla:
den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010
spesielt verdifulle kulturlandskap skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010
område som gror igjen med skog må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon
Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Som følgje av klima, terrengforhold og jordsmonn er berre 3 pst. av arealet i Noreg dyrka mark. Meir enn 20 000 daa dyrka og dyrkbar jord blir årleg omdisponerte til andre formål, og over 1 million daa er varig omdisponert dei siste 50 åra. Tala for jordbruksareal i landet totalt sett har ikkje gått ned i takt med omdisponeringa, men mange av dei aller beste jordbruksareala er borte og erstatta av m.a. nydyrka areal som i mange høve er meir marginale. Det er kommunane som treff vedtak om omdisponering av areal, og dei er derfor viktige aktørar for å nå dei nye måla om jordvern og kulturlandskap. I 2004/2005 har departementet satsa på auka dialog med kommunane om lokalt ansvar, gjennom nasjonale og regionale konferansar og utvikling av informasjonsmateriell, jf. kap. 1144. Det er m.a. laga ein rettleiar for å peike ut kjerneområde for landbruk. Målet med dette arbeidet er å identifisere kjerneområde for landbruket i den enkelte kommune slik at kommunane skal kunne ta vare på desse verdiane og gjere langsiktige prioriteringar i arealplanlegginga. Med kjerneområde for landbruk meiner ein område som er godt eigna for matproduksjon, og verdifulle kulturlandskap i landbruksområda. Departementet vil følgje utviklinga for jordvern og kulturlandskap og vurdere behovet for ytterlegare tiltak og verkemiddel.
Kulturlandskap som blir tatt vare på, er eit varemerke for bygdene og for Noreg. Det gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. Det er likevel utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og bygging i verdifulle kulturlandskap og forfall av gards- og setermiljø i ein del område. Med gards- og bygdeturisme som sentralt element i landbrukspolitikken framover er det viktig å ta vare på slike kvalitetar.
Ut over det generelle areal- og kulturlandskapstilskottet har departementet to grupper av verkemiddel som m.a. er retta inn mot slike tiltak. Dette er tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap der kommunane har stor fridom til å gjere prioriteringar, og tilskotta som ligg i dei regionale miljøprogramma som blir forvalta av Fylkesmennene. Fleire Fylkesmenn har hatt prosjekt knytt til kulturlandskapet. Til dømes har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sett i gang eit prosjekt for å sjå på verkemiddel mot gjengroing; m.a. samarbeidsmodellar mellom vegvesen, reiseliv og landbruk samt haldningsskapande arbeid og kunnskapsformidling.
Departementet vil i 2006 arbeide vidare med konkrete tiltak når det gjeld målet om å ta vare på viktige kulturlandskap. Aktuelle tiltak kan vere dokumentasjon og prioritering av dei viktigaste kulturlandskapa, informasjonstiltak retta mot næringa og allmenta, og framlegg om lokale og nasjonale kulturlandskapsprisar for god ivaretaking av kulturlandskap. Departementet vil arbeide vidare med dette i nær kontakt med m.a. Miljøverndepartementet.
I 2006 vil departementet òg halde fram arbeidet med å styrkje kommunane si rolle på dette området. Kommunane har fleire verkemiddel som dei kan bruke i jordvernet og når det gjeld ivaretaking av viktige kulturlandskap.
Departementet vil halde fram det nordiske samarbeidet med grunnlag den nordiske Akureyri-deklarasjonen frå august 2004 om kulturlandskapet og jordbruket sine framtidige roller og den europeiske landskapskonvensjonen.
Biologisk mangfald og genetiske ressursar
Landbruket arbeider med grunnlag i det biologiske mangfaldet og naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verker inn på levevilkåra for det biologiske mangfaldet. Dette gjer det nødvendig å ha gode kunnskapar om dette mangfaldet, både når det gjeld påverking og tolegrenser og når det gjeld kunnskap om geografisk utbreiing av viktige element i dette mangfaldet.
Departementet legg vekt på kartlegging og god kunnskap om trua artar og verdifull genetisk variasjon. Resultata av slik kartlegging vil gi eit betre grunnlag for å sikre at omsyn og verkemiddel blir retta mot dei mest verdifulle områda og det mest trua materialet. Det er òg lagt til rette for at informasjon frå miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga kan takast i bruk i naturtypekartlegginga i kommunane.
I 2006 vil departementet:
delta vidare i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald
føre vidare satsinga på tiltak knytt til biologisk mangfald; miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott o.a.
halde fram med kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon innan skogstre, innan trua kulturplanter og innan trua rasar av storfe, småfe og fjørfe
drive fram informasjonsarbeid, forsking og kunnskapsutvikling kring dei verdiane den genetiske variasjonen representerer for allmenta og næringa
Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar. Ved modernisering av landbruket, globalisering av produksjon, auka press på leveområda til planter og dyr, og ved anna tap av genetisk mangfald kan genetisk materiale bli borte for alltid.
Departementet vil styrkje genressursforvaltninga, og vil i 2006 etablere eit nasjonalt genressurssenter på Ås. Dette skal vere eit synleg og kompetent senter som skal ta eit samordna grep når det gjeld genressursforvaltninga innan husdyr, skogstre og kulturplantar. Dette skal bli eit rådgivande organ for departementet i møte med dei utfordringane Noreg står overfor når det gjeld forvaltning av trua genetisk mangfald. Det nye senteret vil bidra til ein meir kraftfull og samordna aktivitet på området, både nasjonalt og i forhold til dei internasjonale fora på feltet.
Departementet ønskjer aktivt å følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd, under FAO og Konvensjonen for biologisk mangfald på dette området.
Departementet har tatt initiativ til å få oppretta eit globalt sikringslager for frø på Svalbard. Svalbard er spesielt godt eigna m.a. på grunn av stabile klimaforhold (permafrost) og eit godt, internasjonalt vitskapleg miljø. Sikringslageret vil være unikt i sitt slag og vil utgjere ein ekstra trygging i ei verd prega både av naturkatastrofar og ustabile samfunnsforhold. Initiativet har vore drøfta internasjonalt og fått god respons, jf. kap. 1139
Naturskade
Statens naturskadeordning gir erstatning for skadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. ved å gi tilskott til sikringstiltak. Gjennom Stortinget si behandling av revidert nasjonalbudsjett 2005 blei løyvingane til naturskadeordninga auka. Dette gjer det m.a. mogleg å sikre arbeidet med Åkneset og dette vil bli ført vidare i 2006.
Regjeringa ser det som viktig å sjå overvaking av fjellskredutsette område i ein større samanheng og har sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal skaffe fram nødvendig grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av behovet for statleg engasjement på dette området. Departementet vil kome tilbake til saka seinare.
Kart og geodata
Kart og andre stadfesta data om areal og ressursar er i dag heilt nødvendig som grunnlag for vedtak og satsingar innan dei fleste områda i landbrukspolitikken, jf. m.a. kap. 1146. Departementet har derfor ein omfattande satsing på kart- og geodata til bruk for forvaltninga på ulike nivå og innan ulike sektorar, for landbruksnæringa og andre aktørar. Eit eksempel er digitale markslagskart (DMK) som kan brukast som grunnlag for produksjon av ulike temakart. Kart som blir produsert av Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) inngår i det nasjonale kartsamarbeidet. Alle delar av landbrukssektoren treng kart for ein vidare utvikling både med omsyn til berekraftig ressursforvaltning og når det gjeld auka verdiskaping med basis i lokale ressursar.
Departementet har som mål å heve kvaliteten på kartinformasjon og å gjere informasjonen betre tilgjengeleg. Å gi tilgang til digitale kartdata over Internett er ein strategi for å modernisere forvaltninga og gjere det lettare for dei næringsdrivande å møte krav om dokumentasjon og planlegging og nettet er i ferd med å bli hovudkanal for bruk av kart i landbruksforvaltninga.
Miljøprogram og forureining frå jordbruket
For å sikre miljøverdiane knytt til landbruksareala har departementet etablert eit system med nasjonalt miljøprogram, regionale miljøprogram og miljøplanar for dei enkelte gardsbruka. Det nasjonale miljøprogrammet for landbruket låg føre i 2004. Hovudmålet er å sikre at ulike landskapstypar haldast i hevd, at verdifulle biotopar og kulturmiljø blir teke vare på og skjøtta, og å sjå til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Gjennom dette arbeidet blir Noreg og norsk jordbruk betre i stand til å oppfylle nasjonale og internasjonale miljøplikter. Verkemidla i det nasjonale miljøprogrammet er generelle tilskott for å oppretthalde bruk av jordbruksareal og kulturlandskap. Programmet, som er på 3,4 mrd. kroner, inneheld òg regionale ordningar og kommunale verkemiddel som er målretta mot særskilte miljøverdiar, og areal og kulturlandskapstilskottet over jordbruksavtalen er den klart største ordninga, jf. kap. 1150.
Dei regionale programma rettar seg mot dei viktigaste miljøutfordringane i det enkelte fylket, og det er gitt fridom til fylka til å utvikle tilskottsordningane i tråd med dette. Fylka har utnytta handlefridomen godt, og det blir meldt om aukande engasjement og godt samarbeid med næringa. Ein tek sikte på å utvikle mål- og resultatindikatorar på området i samanheng med tilsvarande arbeid for næringsutvikling. Dette er omtalt under næringsutvikling.
Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft skal følgjast opp gjennom dei regionale miljøprogramma. Det skal leggjast til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innan landbruket. Dei fylkesvise miljøprogramma gir eit særs godt grunnlag for dette. Det må setjast i verk ei tilpassing av eksisterande system for overvaking, rapportering og resultatkontroll innan landbruket. Departementet vil ta initiativ til betre miljøtilpassa driftsmetodar, m.a. gjødslingspraksis, i planteproduksjonen for å redusere forureininga av vassdrag og sjøar.
På forureiningsområdet skjer det mykje positivt og politikken gir resultat. I 2004 blei heile 7 300 tonn landbruksplast samla inn for attvinning. Dette var ein auke på 1 300 tonn frå føregåande år og utgjer om lag 80 pst. av den totale mengda plast frå landbruket. Reduksjonen i avrenning av nitrogen og fosfor frå jordbruket til sårbare område i Nordsjøen blei for 2003 berekna til 27 pst. for nitrogen og 39 pst. for fosfor samanlikna med 1985.
I løpet av perioden 1998-2002 er miljø- og helserisikoen ved bruk av plantevernmiddel redusert med minst 25 pst. Statistikk basert på bruksdata er under utvikling, og skal erstatte tidlegare statistikk som er basert på omsetningstal. Bruksstatistikken vil gjere det mogleg å få sikrare tal for risikoutviklinga. I 2004 blei handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel revidert og ein ny ambisiøs plan fram mot 2008 er vedteke. Målsetjinga er å redusere faren ved bruk til det halve samanlikna med 1998. For 2005 er det gjort framlegg om tiltak og verkemiddel for å følgje opp planen.
Økologisk jordbruk
Satsinga på økologisk jordbruk skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir miljøvennleg og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Målet er at 10 pst. av jordbruksarealet skal drivast økologisk innan 2010 dersom produksjonen blir omsett som økologisk vare. Statistikken viser at vi samla for Noreg no har 3,9 pst. økologisk jordbruksareal, inkl. areal som er under omlegging, og at variasjonen mellom fylka er stor. Tre av fylka; Buskerud, Telemark og Sør-Trøndelag har i dag meir enn 5 pst. økologisk drive jordbruksareal, inkl. areal under omlegging. 37 kommunar har allereie nådd målet på 10 pst. og 11 av desse har meir enn 15 pst. økologisk dyrka areal.
Dei største utfordringane er i dag knytt til å utvikle marknaden for økologiske varer. Departementet har dei siste åra prioritert tiltak retta mot marknaden med sikte på auka etterspurnad etter produkt frå økologisk jordbruk. Det er innført ei ordning med heilkjedeavtaler der aktørar i verdikjeda frå jord til bord inngår forpliktande avtaler om å få den økologiske produksjonen ut til forbrukaren som økologisk vare. Vi ser no ei positiv utvikling og aukande marknadsdel når det gjeld økologisk mjølk og mjølkeprodukt. Handlingsplanen for økologisk produksjon og omsetning skal i løpet av 2005 reviderast for siste planperiode (2006-2009). I 2006 skal det, i regi av opplysningskontora, gjennomførast ein informasjonskampanje om økologiske produkt. Kampanjen skal gjennomførast i samarbeid med marknadsaktørane.
Forvaltning av Statskog SF (Norsk utmark SF) sine areal til beste for samfunnet og allmenta
Statskog SF er den største grunneigaren i Noreg og forvaltar store skog- og utmarksområde. Statskog SF sitt areal skal brukast aktivt for å sikre viktige samfunnsoppgåver med større satsing på tilrettelegging og forvaltning av eigedommar til beste for samfunnet og allmenta med omsyn til naturvern, friluftsliv og lokal verdiskaping. Inntektene til Statskog SF kjem i hovudsak frå skogsdrift, sal av tenester, sal av jakt- og fiskekort, samt fall- og festerettar. Denne verksemda vil òg i framtida danne grunnlaget for føretaket sine inntekter, og skape grunnlag for dei andre samfunnsoppgåvene i samsvar med føremålet for føretaket.
Det blei på føretaksmøte i Statskog SF i 2005 vedteke at føretaket skal skifte namn til Norsk utmark SF. Dette blir gjort for å gjere det tydeleg at føretaket forvaltar norsk mangfaldig og tilgjengeleg natur og signalisere at staten sine eigne areal kan nyttast av borgarane til jakt og fiske og anna friluftsliv. Stortinget vedtok i 2005 den nye Finnmarkslova, som inneber etablering av det nye rettssubjektet Finnmarkseigedommen. Det nye namnet skal takast i bruk frå det tidspunkt Finnmarkseigedommen blir etablert, noko som etter planen er føresett å skje i første halvår 2006.
Frå det tidspunkt Finnmarkseigedommen blir etablert vil ikkje Statskog SF lenger ha nokon rolle i Finnmark. Endringane i Finnmark saman med andre endringar i rammevilkåra, vil ha konsekvensar for oppgåver, organisering og vedtekter for Statskog SF. Statskog SF er nærmare omtalt i kap. 5652 Innskotskapital i Statskog SF.
Det er viktig at staten som stor grunneigar er med og tek ansvar for ein auke i barskogvernet. På dette grunnlaget blei det i september 2005 vedteke vern av 30 skogområde på Statskog SF sine areal. Totalt verneareal blei 405 km2, av desse 125 km2 produktiv skog. Vernet gjer at skogvernet i Noreg aukar med 13 pst. til 1,4 pst. av det totale produktive skogarealet i Noreg.
Statskog SF skal m.a. medverke til å nå samfunnsmål knytt til trivsel, helse og naturopplevingar ved å leggje til rette for friluftsliv, jakt og fiske. På dette grunnlaget blei det i revidert nasjonalbudsjett 2005 opna for at Statskog SF dersom fylkeskommunane eller kommunane ikkje melder si interesse skulle kunne kjøpe aktuelle forsvarseigedommar før dei blei lagt ut i den opne marknaden.
Kommunal og regional tilpassing av landbrukspolitikken
Regjeringa legg vekt på at kommunale og regionale tilpassingar gir betre måloppnåing i landbruks- og matpolitikken. Både utvikling og gjennomføring av denne politikken må skje ut frå lokale føresetnader og gjennom regionale og lokale partnarskap. Den nasjonale politikken gir no opning for ulike prosessar og løysingar i ulike regionar.
Dette har skjedd ved:
overføring av auka fullmakter til kommunane når det gjeld juridiske verkemiddel
overføring av økonomiske miljøverkemiddel til kommunane og fylka
Fylkesmannen har fått ansvar for regionale nærings- og miljøplanar. Dette skjer i et samspel med politiske organ, Innovasjon Noreg, kompetansemiljø og næringsliv.
Igangsetjing av ei rekkje pilotprosjekt på kommunalt og regionalt nivå for å prøve ut ulike modellar for lokalt utviklingsarbeid
Gjennom denne omlegginga på landbruksområdet har regjeringa vist tillit til kommunesektoren og lokaldemokratiet. Eit av måla er at dette skal gi konstruktive resultat i form av at kommunane er meir aktive i landbrukspolitikken og ein meir lokalt tilpassa politikk.
Førebels inntrykk viser at overføringa av oppgåver til kommunane og regionane har ført til at landbruk mange stader har fått auka politisk merksemd, involvering av næringa og gitt resultat i form av aktivt lokalpolitisk engasjement i strukturendringane, nye lokale og regionale grep i arbeidet med næringsutvikling og nye lokale tiltak for å styrkje busetjinga.
Regjeringa vil vidareutvikle det systemskiftet som no har skjedd både når det gjeld kommunane si rolle og Fylkesmannen si rolle som utviklingsaktør og kompetansesenter.
Departementet tek sikte på å leggje ansvaret for den veterinære vaktordninga til kommunane frå 2007. Dette er nærmare omtalt i kat. 15.10 og er eit viktig tiltak i arbeidet med å leggje auka ansvar og oppgåver til kommunane på område der dette vil gi betre lokale tilpassingar av politikken og den landbrukspolitiske forvaltninga.
Likestilling i landbruket, og tiltak retta mot barn og unge
Likestilling
Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like moglegheiter til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og tilknytte næringar, og det er nødvendig med stor bredde både med omsyn til kompetanse, ferdigheitar og menneskelege ressursar om ein skal få til ein framleis positiv utvikling med omsyn til næringsutvikling, ressursforvaltning og busetjing i bygdene.
Noreg har ein føremon med høgt utdanna arbeidskraft og høg yrkesdeltaking for kvinner, men offentleg statistikk syner at kvinner i stor grad arbeider i offentleg sektor og at kvinner er dårlegare representert i næringslivet.
I slike samanlikningar ligg landbrukssektoren om lag på linje med andre sektorar med nokre gode resultat og nokre resultat som syner at likestillingsarbeidet må halde fram. I perioden frå 2003-2005 var 35 pst. av dei som overtok landbrukseigedommar kvinner. Det er altså framleis eit fleirtal mannlege eigarar, men delen kvinner som overtek landbrukseigedommar har auka klart frå tidlegare periodar. Når det gjeld sysselsetjinga i jordbruket står kvinner for om lag 25 pst.
Når det gjeld nye næringstiltak er kvinnedelen generelt sett klart høgare, m.a. står kvinner for om lag 2/3 av Inn på tunet-verksemder. I januar 2005 viser statistikk frå Mattilsynet at vel 75 pst. av osteprodusentane i Norsk Gardsost er kvinner, nokon i samarbeid med menn. I landbrukssamvirket sine bedriftsstyre har delen av kvinner auka frå 16 til 25 pst. dei siste to åra som følgje av ein målretta innsats på området der målet er 40 pst.
Landbruks- og matpolitikken skal fremme likestilling i tråd med den generelle likestillingspolitikken til regjeringa. Landbruks- og matdepartementet arbeider derfor saman med andre departement og i både nasjonale og internasjonale prosjekt med spørsmål knytt til likestilling og kvinner si deltaking i landbruksverksemd og ny næringsutvikling. I 2004 blei verdiskapingsprogramma for mat og for rein likestillingsvurdert. Vurderinga gav positive konklusjonar for desse programma, og ein av konklusjonane var at likestilling og styrking av kvinners posisjon krev særskilt omtale i mandat/ regelverk dersom ein skal nå gode resultat. Arbeidet med likestillingsvurdering vil bli ført vidare og forsterka med sikte på å rapportere meir inngåande i samband med budsjettframlegget for 2007.
Departementet har i 2005 starta arbeidet med å få fram eit betre kunnskapsgrunnlag knytt til likestillingsarbeidet i landbrukspolitikken og departementet vil invitere næringa med i dette arbeidet. Med grunnlag i betre kunnskap kan ein så arbeide vidare med sikte på fornya felles mål og strategiar for korleis ein kan følgje opp desse måla.
Tiltak retta mot barn og unge
Barn og unge er den framtidige omverda til landbruks- og matsektoren og dei er grunnlaget for framtidig rekruttering til sektoren. Samtidig har barn og unge i dag i mange fall eit meir distansert forhold til landbruk og naturforvaltning enn tidlegare. Det er eit mål å gi barn og unge forståing for langsiktig forvaltning av ressursane som kjelde til inntekt og velferd. Det er derfor grunnleggjande viktig å ha ein politikk som òg vender seg aktivt mot barn og unge og som både er med å leggje til rette for kunnskap og innsikt i sektoren.
Departementet har derfor gitt støtte etter søknad til organisasjonane 4H, Noregs Bygdeungdomslag, Natur og Ungdom. Det same gjeld tilskott til prosjektet Ungt entreprenørskap.
Landbruks- og matdepartementet gir tilskott til miljølæreprosjektet Lære med skogen som er tilrettelagt frå barnehage- til høgskolenivå og blir administrert frå Skogbrukets kursinstitutt. I skoleåret 2003/2004 var det heile 147 000 elevar som brukte dette i undervisninga. Treveven (www.treveven.no) er eit nytt digitalt produkt som er spesielt tilrettelagt for ungdom. Her kan ungdom lære om arkitektur, norsk byggeskikk, design og ulike produkt knytt til skogen. Departementet gir vidare tilskott til Det norske Skogselskap sitt arbeid overfor barn og unge. Skogselskapet gjennomfører m.a. årleg skoleskogdagar i samarbeid med skolar i Oslo-regionen, og i 2005 deltok 2200 elevar på arrangementet.
Hundreårsmarkeringa Streif hadde òg tiltak retta mot barn og unge knytt til både skolestiloppgåver, prosjektet Kortreist mat og deltaking frå barn og unge i enkelte Streif.
Regjeringa ønskjer å fremme eit kosthald som gir grunnlag for god folkehelse. I budsjettet for 2005 blei det, jf. omtalen i St.prp. nr. 1 (2004-2005), sett av 5 mill. kroner på kap. 1149 til ei satsing for å prøve ut produksjon og levering av lokal mat til måltid i skolar, økologisk mat i skolemåltid og elevaktivitetar for produksjon av mat, skolemåltid mv. Resultata frå dette arbeidet er nærmare omtalt i kat. 15.10.
Departementet har samla sett hatt eit stort engasjement retta mot barn og unge og ser dette som viktige og verdifulle tiltak. Departementet vil summere opp erfaringane frå slikt arbeid med sikte på å vurdere korleis dette skal utformast framover.
Internasjonalt arbeid
Utforming av ny landbruksavtale vil vere ein svært sentral del av den pågåande forhandlingsrunden i WTO. Hovudrådet i WTO 27.-29.juli 2005 nådde ikkje målet om å bli samde om eit første utkast til landbruksavtale på bakgrunn av rammeavtalen som Hovudrådet vedtok i fjor. Likevel blei landa einige om å halde fast på målet om å fastsetje konkrete pliktar og regelverk på dei ulike områda (såkalla modalitetar) på ministerkonferansen i Hong Kong i desember 2005, samt å avslutte forhandlingane i 2006. Dette krev intensive forhandlingar og vilje til å inngå kompromiss hos alle aktørane. Rammeavtalen som ein blei einig om 01.08.2004 er framleis grunnlaget for dei vidare forhandlingane. Denne avtalen omfattar m.a. retningslinjer for forhandlingane om landbruk og industrivarer (inkl. fisk).
Rammeverket for landbruk legg m.a. opp til reduksjon i summen av handelsvridande støtte til landbruket, eliminering av eksportstøtte og betring av marknadstilgangen for landbruksvarer. Det står igjen å fastsetje konkrete plikter og regelverk på dei ulike forhandlingsområda. Landa blei i mai 2005 samde om ein metode for å rekne om spesifikke tollsatsar til prosenttollsatsar (såkalla ad valorem ekvivalentar). Dette gir grunnlag for å kunne samanlikne tollsatsane i ulike land.
Det skal takast spesielt omsyn til u-landa sine behov ved utforminga av det nye regelverket. Frå regjeringa si side blei det ved vurdering av rammeverket lagt vekt på at den opnar for særskilte ordningar for sensitive landbruksprodukt, og vidare at det gjennom ei eiga ordning blir opna for at Noreg kan vidareføre ein omfattande del av den blå støtta (m.a. areal- og dyrestøtte) i landbruket.
I dei vidare forhandlingane er det frå norsk side ei overordna målsetjing å sikre at det framleis blir handlingsrom til å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk i samsvar med våre prioriteringar for landbruket. Ein legg særleg vekt på behovet for nasjonal produksjon for å sikre omsyn som ikkje gjeld handel direkte, slik som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn. For å tryggje ein berekraftig produksjon er det avgjerande at vi i størst mogleg grad kan vidareføre importvernet og sikre eit tilstrekkeleg handlingsrom for nasjonal landbruksstøtte. I dei vidare forhandlingane legg regjeringa stor vekt på å vidareføre samarbeidet med likesinna land i G-10-gruppa, for å sikre eit resultat mest mogleg i tråd med norske interesser.
Noreg deltek i dei internasjonale skogpolitiske prosessane. FN sitt skogpolitiske forum (UNFF) skal ha sitt 6. møte i februar 2006. Alternativa for det vidare rammeverket for det internasjonale skogsamarbeidet blir etter planen drøfta på dette møtet. Etablering av ein global skogkonvensjon eller ei anna form for internasjonal avtale er eit av alternativa. Det er frå norsk side eit mål å etablere eit meir forpliktande samarbeid landa i mellom for å bevare og betre forvaltninga av verda sine skogar. Noreg deltek òg aktivt i samarbeidet under Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (MCPFE) som m.a. tilrettelegg for ei regional oppfølging av det globale samarbeidet om berekraftig skogforvaltning. Noreg tek del i koordineringa av denne europeiske skogpolitiske prosessen og vil i åra framover få ei meir leiande rolle.
Det blir lagt stor vekt på bevaring av genetiske ressursar. Departementet deltek aktivt i Nordisk genressursråd og det nordiske samarbeidet knytt til dei nordiske genbankane for husdyr og planter og samarbeid om genressursar i skog. Departementet følgjer aktivt opp det internasjonale arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og FN sin konvensjon om biologisk mangfald. Arbeidet med å førebu gjennomføring av den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar innanfor mat og jordbruk vil i 2006 ha stor vekt. Landbruks- og matdepartementet vil saman med Utanriksdepartementet og Miljøverndepartementet samfinansiere etableringa av eit globalt sikringslager for frø på Svalbard. Planane for lageret skal leggjast fram i 2006. Lageret vil gi ei ekstra sikring i tilfelle eksisterande samlingar av biologisk mangfald som er viktig for matforsyninga globalt, blir trua av naturkatastrofar og ustabile samfunnsforhold. Svalbard vil vere godt eigna på grunn av permafrost, stabile politiske forhold og eit vitskapleg miljø. Initiativet har fått ein positiv internasjonal mottaking som m.a. er eit teikn på den tilliten Noreg har som kompromissleverandør og brubyggjar i det internasjonale arbeidet for genressursar.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Støtte til organisasjonar , kan overførast | 13 529 | 17 100 | 17 647 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar , kan overførast | 2 000 | ||
Sum kap. 1138 | 13 529 | 17 100 | 19 647 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Posten femner Landbruks- og matdepartementet si tilskottsordning som gir støtte til ideelle organisasjonar. Målsetjinga med ordninga er å støtte frivillige organisasjonar og tidsskrift som arbeider innanfor landbrukspolitiske satsingsområde. Ut frå kriteria under ordninga, kan tilskott tildelast organisasjonar/tidsskrift som:
fremmer miljøarbeid, næringsutvikling og forbrukarinteresser innan jord- og skogbrukssektoren
fremmer positive haldningar til, og forståing for grøne verdiar hos ungdom og allmenta
arbeider med likestillingsspørsmål innan jord og skogbruk
arbeider innanfor landbrukspolitiske satsingsområde
Primært legg ein opp til støtte til drift, men i følgje regelverket for ordninga er det òg høve til å gi støtte til konkrete prosjekt. Departementet har lagt vekt på at tilskott primært er tildelt organisasjonar/tidsskrift som er landsdekkjande og/eller speler ei nasjonal rolle. Det er vidare teke omsyn til forpliktingar som det offentlege har teke på seg og at tilskottet skal stå i eit rimeleg forhold til organisasjonens inntekter.
Resultatrapport 2004
I 2004 blei støtta til ideelle organisasjonar fordelt etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Det blei fordelt 13,6 mill. kroner til 16 organisasjonar, jf. tabell 2.7. Totalt 30 organisasjonar søkte om støtte.
Tabell 2.7 Oversikt over støtte til ideelle organisasjonar gitt i 2004
Organisasjon | Beløp |
---|---|
Det kgl. Selskap for Norges Vel | 2 800 000 |
Norges bygdekvinnelag | 100 000 |
Norske 4H | 5 000 000 |
OIKOS – Økologisk Landslag | 2 755 000 |
Norsk bioenergiforening | 100 000 |
Biologisk Dynamisk Forening | 175 000 |
Det Norske Hageselskap | 900 000 |
Dyrebeskyttelsen Noreg | 100 000 |
Dyrevernalliansen | 100 000 |
Landbrukstidsskriftet Norden | 50 000 |
Nyttevekstforeningen | 50 000 |
Natur og Ungdom | 100 000 |
Jenter i skogbruket | 150 000 |
Stiftelsen Det norske arboret | 300 000 |
Det Norske Skogselskap | 900 000 |
Treets venner | 20 000 |
Sum | 13 600 000 |
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,6 mill. kroner for 2006. Midlane vil inngå i potten som er sett av til støtte til ideelle organisasjonar og tidsskrift som arbeider innanfor landbrukspolitiske satsingsområde, jf. omtale ovanfor. Midlane vil bli fordelte etter ein open prosess basert på offentleg kunngjering. Departementet legg opp til at midlane vil bli utlyste slik at det er mogleg å fastsetje fordelinga rett etter Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2005-2006).
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar
Posten er ny frå 2006. Den femner i hovudsak midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar, tilskott til organisasjonar, kostnader knytt til rapportering o.a. Departementet vil leggje opp til å nytte kompetanse og personar ved norske institusjonar i det internasjonale skogpolitiske arbeidet. Tiltaka på denne nye posten blei tidlegare finansiert over kap. 1141 post 51.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om 2 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk samarbeid o.a., mot tilsvarande reduksjon på kap. 1141, post 51.
Løyvinga vil særleg bli nytta til arbeidet knytt til Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, som er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk i Europa. Noreg har teke del i koordinering og leiing av prosessen sidan 1998, i ei gruppe som for tida består av Polen, Austerrike, Spania og Noreg. Noreg støtter finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. Noreg sitt obligatoriske bidrag (kontingent) blir dobla frå 10 til 20 pst. det totale budsjettet for prosessen i 2006. I tråd med innarbeidd praksis for leiing av og medfinansiering av prosessen vil Noreg sin medverknad auke i tida som kjem. Etter neste ministerkonferanse, som etter planen skal haldast i Polen om eit par år, vil Noreg gå inn i ei leiande rolle, noko som òg fører med seg eit større finansielt bidrag og større ansvar for drifta av prosessen. Departementet ser det òg som viktig å medverke til prosjekt, konferansar o.a. som følgjer av denne prosessen, og legg til grunn at medfinansiering av slik aktivitet vil auke.
FNs internasjonale skogpolitiske forum skal ha sitt 6. møte i februar 2006. Vidare deltek Noreg aktivt i skogsamarbeid i FAO, og i ulike prosessar knytt til kartlegging av skogressursar, klimaspørsmål o.a. Løyvinga vil òg bli nytta til Noreg sin medverknad på desse områda. Med sikte på å nytte kompetanse og kunnskap i Noreg på ein effektiv måte i internasjonalt samarbeid er det òg aktuelt å bruke løyvinga til oppdrag o.a. til norske institusjonar og organisasjonar.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak , kan overførast | 26 383 | 14 162 | 14 615 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning , kan overførast | 16 634 | 17 916 | |
Sum kap. 1139 | 26 383 | 30 796 | 32 531 |
Kapitlet var nytt i 2004 då løyvingane til arbeidet med genressursar, ressurs- og miljøregistreringar i landbruket blei samla under eitt kapittel. I samband med jordbruksavtalen for 2004-2005 blei løyvingane til genressursar gjennom dei nasjonale programma, til saman 7,3 mill. kroner, flytta ut av avtalen frå kap. 1150 post 50.11 og inn i ein ny post 71 under kap. 1139. I tillegg blei dei midlane på kap. 1139 post 70 som omfattar løyvingar til genressursarbeidet flytta over til den nye posten. Resultatrapporten for 2004 nedanfor omhandlar derfor tiltak både under kap. 1139 post 70 og post 71.
Resultatrapport 2004
Over kap. 1139 post 70 gav departementet i 2004 støtte til ulike tiltak knytt til frøforsyning, genressursoppgåver, miljøinformasjon, kunnskapsoppbygging o.a. Tabellen nedanfor gir ei grov oversikt over dette.
Tabell 2.8 Oversikt over støtte til frøforsyning, genressursoppgåver, miljøinformasjon, kunnskapsoppbygging m.m. i 2004
(i mill. kr) | |
---|---|
Tiltak/prosjekt | Beløp |
Genressursoppgåver; Nordisk genbank for husdyr, Internasjonalt genressursarbeid o.a. | 2,5 |
Frøforsyning i skogbruket | 3,5 |
Norsk hjortesenter, Nordnorsk hestesenter og Norsk fjordhestsenter | 2,6 |
Kartlegging, overvaking og rapportering | 8,5 |
Oppfølging av handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel | 0,8 |
Metodeutvikling, miljøregistrering og -kunnskap i skogbruket | 5,6 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket | 2,9 |
Sum utbetalt frå kap. 1139 post 70 i 2004 | 26,4 |
Genressursarbeid, frøforsyning o.a.
Posten er nytta til tiltak til styrking av arbeidet med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursane i landbruket. I 2004 planla og starta departementet opp ei rekkje initiativ overfor det internasjonale arbeidet med genressursar. M.a. har departementet støtta ei utgreiing av moglegheita for norsk etablering av eit internasjonalt sikringslager for frø på Svalbard som blei presentert i FAO sin Kommisjon for genetiske ressursar. Departementet har vidare delteke aktivt i dei internasjonale prosessane om etablering av internasjonale regime for utveksling av genetiske ressursar over landegrenser innan FAO og i Konvensjonen om biologisk mangfald. Deltaking i Nordisk ministerråd sitt arbeid for forvalting av nordiske genressursar, innan Nordisk genressursråd, Nordisk genbank og Nordisk genbank for husdyr og innan Nordisk skogbruks frø- og planteråd (NSFP) har òg vore prioritert.
Arbeidet innan Norsk genressursråd er vidareført. I 2004 blei det arrangert eit seminar med sikte på å informere om Noreg sine plikter på genressursområdet. Eit forprosjekt for utgreiing om verdisetjing av genetiske ressursar blei starta opp.
Genressursutvalet for planter har i perioden vidareført ei omfattande kartlegging og registrering av nasjonale genressursar i mange artar og vekstgrupper. Arbeidet er oppsummert m.a. i form av ei handbok for registrering av bevaringsverdige areal, vurdering av behov for vern og utforming av skjøtselsplanar. Genressursutvalet for planter har ansvar for norske samlingar av vegetativt avla planter, og har i 2004 utarbeidd Plan og strategi for langsiktig bevaring av plantegenetiske resursar i klonarkiv. Eit mindre utval av eldre plantesortar vil bli produsert og seld under varemerke PLANTEARVEN. Dette vil gje grunnlag for auka informasjon til publikum og grunnlag for produksjon og omsetning i samarbeid med kommersielle aktørar.
Genressursutvalet for husdyr har ansvar for trua små populasjonar av gamle husdyrrasar, og for dei populasjonane som er i aktivt avl. I 2004 blei det m.a. starta arbeidet med utvikling av kuregisteret for dei gamle storferasane, sett i gang eit forskingsprosjekt på sidet trønderfe og nordlandsfe, vidareført registrering av små trua husdyrrasar og utarbeidd forvaltningstiltak for gammalnorsk spælsau og kystgeit.
Genressursutvalet for skogstre arbeidar med kartlegging og overvaking av utbreiing, forynging og beiteskadar på sjeldne og sårbare treslag. Utvalet har og gjennomført aktivitetar for kartlegging av innvandringshistoria til alm. Arbeidet Skogforsk gjer på genressursområdet internasjonalt og nasjonalt, m.a. som sekretariat for genressursutvalet for skogstre, blei dekt over posten. Dei to andre utvala fekk sine sekretariatkostnader dekt over Landbrukets utviklingsfond (LUF).
Noreg sitt bidrag til Nordisk Genbank Husdyr (NGH) har i 2004 vore på same nivå som året før. Midlar til Nordnorsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter går til styrking av arbeidet med dei nasjonale hesterasane Fjordhest og Nordlandshest/Lyngshest. Norsk Hjortesenter fekk tildelt midlar for å arbeide med å utvikle hjort som ressurs.
I følgje avtalen mellom Landbruks- og matdepartementet og Det norske Skogselskap skal staten gi økonomisk støtte til Det norske Skogfrøverk i samband med m.a. konglesanking og oppgåver knytt til dokumentasjon og opphavsmerking når det gjeld skogsfrø. Strategisk plan for skogfrøforsyning, planteforedling og bevaring av genetiske ressursar ligg til grunn for aktiviteten ved Det norske Skogfrøverk. Som følgje av retningslinjer frå OECD er det eit mål at mest mogleg av frøforbruket i skogbruket i framtida skal ha opphavet sitt i produksjonsanlegg som sikrar god kunnskap om frøet. For å gjennomføre dette arbeidet er offentleg støtte nødvendig. Redusert planteinnsats i skogbruket dei siste åra har ført til at Skogfrøverket har mista salsinntekter og fått ein svekka økonomi.
Miljø- og ressurskunnskap m.m.
Ein føresetnad for berekraftig arealbruk og næringsverksemd er god kunnskap og oversikt over miljøverdiar og ressursar. Over posten blei det i 2004 derfor støtta ei rekkje prosjekt for å skaffe fram slik kunnskap og oversikt.
Arbeidet med produksjon av digitale markslagskart blei støtta over posten. Dette er ein del av eit større prosjekt som òg blir finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150, kap. 1149 og kap. 1146.
Arbeidet med resultatkontroll og overvaking under Jordsmonnovervakingsprogrammet blei vidareført i 2004. Jordsmonnsovervakingsprogrammet er eit langsiktig overvakingsprogram som gjer oss i stand til å kontrollere og rapportere miljøtilstand nasjonalt og internasjonalt. Vidare gir det moglegheit for å måle og berekne effekten av tiltak for å redusere forureining av næringssalt og plantevernmiddel frå jordbruket. Med utgangspunkt i satsinga for meir miljøvennlege driftsformar er det planlagt å lage ein modell for å rekne ut mengda av utslepp av klimagassen N2O (lystgass). Arbeidet skal gi ein peikepinn på moglegheitene for å redusere utsleppa av lystgass frå landbruket. Dette arbeidet har blitt noko forsinka, men vil bli sluttført i løpet av 2005. Det er òg gitt støtte til gjennomføringa av informasjonstiltak innanfor plantevernmiddel, m.a. som ein oppfølging av Handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel.
I samband med det nasjonale programmet for Kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er det gitt støtte til prosjektet Kartlegging og overvaking av trua arter. Prosjektet skal skaffe eit betre kunnskapsgrunnlag for raudlista og dei vurderingane som blir gjort på bakgrunn av henne. Landbruks- og matdepartementet meiner at ei slik styrking av kunnskapsgrunnlaget er eit viktig grep for å sikre ei betre og meir berekraftig forvaltning av ressursgrunnlaget. I tillegg har departementet vore med og støtta arbeidet med oppstart av ein nasjonal artsdatabank.
Det er utarbeidd ein nordisk rapport Jordbrukslandskapet som ressurs, som har gitt innspel til Akureyri-deklarasjonen om kulturlandskap, samt til vidare arbeid på nordisk plan òg i dei enkelte landa.
Det blei over posten løyvd midlar til arbeidet NIJOS gjer innan resultatkontroll knytt til utvikling av skogtilstanden, òg knytt til dei konkrete tiltaka i primærskogbruket, jf. nærmare omtale under kap. 1149.
Miljøtiltak i skogbruket
Landbruks- og matdepartementet har i 2004 ført vidare satsinga på eit standardisert og godt dokumentert miljøregistreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar (MiS-metodikken ). Det faglege grunnlaget for miljøregistreringane er i hovudsak utforma ved Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk). Prosjektet har publisert mykje ny kunnskap som er med på å styrkje miljøarbeidet i skogbruket. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har teke del i den praktiske utforminga av dette miljøregistreringsopplegget, som i dag er innarbeidd i skogbruksplanlegginga. Kommunane forvaltar tilskottsmidlar til skogbruksplanlegging med slike miljøregistreringar, jf. kap. 1149. Skogeigaren kan få stønad til å utarbeide slike skogbruksplanar og dei er eit viktig grunnlag for miljøinnsatsen i skogbruket. Det er ferdigstilt eit arbeid for å leggje til rette for at kommunane kan gjere seg nytte av data frå skogbruksplanlegginga i arbeidet med naturtypekartlegginga dei gjer etter oppdrag frå miljøvernstyresmaktene. Det er i perioden 2001-2004 registrert 18 mill. daa etter MiS-metodikken.
I 2003 tok Samarbeidsrådet for biologisk mangfold (SABIMA) opp med Den nasjonale forsknigsetiske komite for naturvitskap og teknologi (NENT) at prosjektet Miljøregistrering i Skog hadde forskingsmessig uheldige sider og at oppdragsgivaren, Landbruks- og matdepartementet, bevisst hadde satsa på MiS framfor alternative opplegg for å redusere miljøkostnadene for norsk skogbruk. NENT konkluderte i 2004 med at det ikkje låg føre forskingsetisk uheldige sider ved utviklinga av MiS-metoden, og at departementet ikkje hadde handla klanderverdig. Når det gjaldt spørsmålet som blei reist i forhold til sjølve forskinga fann NENT at dette var vanleg fagleg usemje innanfor eit fagfelt med vanskelege og komplekse problemstillingar.
Arbeidet knytt til utvikling av metode for kulturminneregistreringar i skog blei ført vidare i 2004 av NIJOS. Prosjektet har medverka til å auke kunnskapen om kulturminne blant skogeigarane, hatt samarbeid med fylkesmenn og takstselskap om kulturminne i skog, og vore med på å utvikle studieopplegg på høgskolar og universitet om kulturminne og registreringar i skog. På bakgrunn av at NIJOS er eit kompetanseorgan for geografisk informasjon og produsent av informasjon om naturressursar, areal og miljø, har stadfestingsproblematikk vore særleg prioritert i samband med kulturminnearbeidet.
Miljøarbeidet i skogbruket krev høg kompetanse i heile sektoren. Landbruks- og matdepartementet støtta derfor i 2004 fleire informasjonstiltak og konferansar knytt til skogbruk og miljøvern.
Etter kartlegging av tidlegare DDT-deponi ved norske skogplanteskolar i 1998 og 1999, blei det i 2003 gjennomført tiltak på 38 skogplanteskolar. Det blei løyvd midlar til sluttføring av handlingsplanen i 2004. Prosjektet var planlagt sluttført i 2004, men grunna nye funn om DDT-forureining har ein forlengja prosjektet inn i 2006.
Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak
Landbruksverksemda er knytt til berekraftig ressursforvaltning og næringsverksemd, og det er grunnleggjande viktig med god kunnskap om ressursgrunnlaget og miljøkonsekvensar av verksemda. Departementet fremmer derfor forslag om løyvingar til slike tiltak over post 70 som femner tiltak for å overvake, kartleggje og registrere arealressursar, kulturlandskap og biologisk mangfald. Løyvinga vil òg bli nytta til ulike informasjons- og kunnskapsutviklingstiltak innan jord- og skogbruk.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 14,6 mill. kroner for 2006 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under viser.
Tabell 2.9 Budsjett for kap. 1139 post 70 i 2005 og budsjettframlegg for 2006
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2005 | Budsjett 2006 |
Jordsmonnovervaking (JOVA) | 3 500 | 3 500 |
Nasjonal kartlegging og overvaking av biologisk mangfald | 1 500 | 1 500 |
Digitale markslagskart | 1 325 | 1 325 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til jordbruk og kulturlandskap o.a. | 1 427 | 1 840 |
Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) | 5 680 | 5 700 |
Informasjonstiltak o.a. knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket o.a. | 730 | 750 |
Sum kap. 1139 post 70 | 14 162 | 14 615 |
Miljø- og ressurskunnskap m.m.
I 2006 vil departementet føre vidare arbeidet med å forbetre miljø- og ressurskunnskapane ved m.a. å støtte opp under ulike prosjekt. Betre kunnskap er ein føresetnad for berekraftig areal- og ressursbruk og næringsverksemd. Slike tiltak blir finanisert både over dette kapitlet og over andre budsjettkapittel.
Departementet vil bruke midlane over denne posten til følgjande tiltak;
Vidareføre Jordsmonnsovervakinga som verkemiddel for god kontroll med avrenning og forureining av vatn og vassdrag.
Ta del i det interdepartementale arbeidet med nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. For Landbruks- og matdepartementet er det viktig å få fram betre kunnskap om dei trua og sårbare artane knytt til kulturlandskap og skog som grunnlag for betre miljøtiltak i næringsverksemda.
Støtte arbeidet med å få fram god stadinformasjon som verktøy for arealplanlegging og ressursforvaltning gjennom tilskott til arbeidet med digitale markslag, DMK, jf. kap. 1146, 1149 og 1150.
Støtte miljøretta prosjekt og informasjonstiltak knytt til jordbruk og kulturlandskap som til dømes tiltak som kan medverke til å nå måla i Handlingsplanen for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.
Støtte vidare arbeide med MiS-metodikken som eit godt dokumentert registreringsopplegg for biologisk mangfald. Det er viktig å integrere ny kunnskap i metodeutviklinga, og både Skogforsk og NIJOS vil ta del i arbeidet med å ta resultat frå MiS-prosjektet i bruk i samband med tiltak retta mot det praktiske skogbruket, Levande skog prosjektet, programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald o.a.
Føre vidare støtta til MiS-delprosjektet for kulturminne i skog. I 2006 skal det leggjast særleg vekt på informasjon og rettleiing og kompetansehevande tiltak retta mot forvaltninga og skognæringa. Dette delprosjektet heng saman med anna kulturminnearbeid ved NIJOS og samarbeid mellom dette delprosjektet og programmet Tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap, jf. kap. 1146.
Støtte til prosjekt knytt til kunnskapsformidling og informasjonstiltak knytt til eit berekraftig skogbruk. Slike tiltak vil femne om tilskott til produksjon av informasjonsmateriell og seminar og til kunnskapsoppbygging og samlingar, m.a. retta mot offentleg og privat verksemd.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning
Posten femner tiltak knytt til styrking av arbeidet med å ta vare på og bruke genressursar.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 17,9 mill. kroner for 2006 og legg opp til ei fordeling av midlane over posten slik tabellen under viser.
Tabell 2.10 Budsjett for kap. 1139 post 71 i 2005 og budsjettframlegg for 2006
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Tiltak | Budsjett 2005 | Budsjett 2006 |
Genressurstiltak | 9 523 | 10 266 |
Nordisk Genbank Husdyr | 1 000 | 1 100 |
Nord-Norsk Hestesenter, Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hjortesenter | 2 619 | 2 800 |
Skogfrøforsyninga | 3 492 | 3 750 |
Sum Genressursforvaltning | 16 634 | 17 916 |
Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar. Ved modernisering av landbruket, globalisering av produksjon, auka press på leveområda til planter og dyr, og ved anna tap av genetisk mangfald kan genetisk materiale bli borte for alltid. Internasjonalt ser ein i dag at innan enkelte husdyrrasar har sjukdomsproblem og redusert fertilitet som eit resultat av einsidig avl på produksjonseigenskapar. Noreg har ansvar for å forvalte sine genetiske ressursar på ein berekraftig måte, noko som m.a. er stadfesta gjennom internasjonale konvensjonar og avtaler. Det er viktig å etablere og gjennomføre strategiar for bevaring og berekraftig bruk og klargjere retten til og tilgangen til genetiske ressursar i Noreg.
Samspelet mellom besetningane av mindre nasjonale husdyrrasar og artsrike beite- og engvegetasjonar er av verdi for mange forskingsområde og vil òg kunne nyttast i forvaltning og næringsutvikling. Det vil bli lagt vekt på å nytte potensialet som ligg i bruk av genetiske ressursar i ny næringsverksemd. I dag er norsk avlsmateriale ettertrakta i utlandet, nettopp fordi ein her til lands har makta å sameine avl for auka produktivitet og betre helse- og fruktbarheitseigenskapar.
Over posten blir det løyvd midlar til arbeid som blir utført av dei tre genressursutvala for kulturplanter, husdyr og skogstre og til Norsk genressursråd. Utvala vil arbeide vidare med informasjon og kartlegging av genetiske ressursar innan kulturplanter, skogstre og husdyrgenetiske ressursar. M.a. vil eit nettbasert skoleprosjekt om forvaltning av genetiske ressursar innan norsk jordbruk bli etablert.
Departementet ønskjer å styrkje og effektivisere genressursforvaltninga, og vil etablere eit genressurssenter gjennom ei organisatorisk samordning av sekretariata til dei tre genressursutvala. Genressurssenteret vil bli knytt organisatorisk til den nye kunnskapsinstitusjonen for arealressursar som blir etablert frå 01.07.2006, og som det er gjort greie for under kat. 15.20 og kap. 1141. Dette vil gi ei fastare nasjonal organisering, og inneber ei samling av genressurskompetansen som vil bidra til ein meir kraftfull og samordna aktivitet på området både nasjonalt og i forhold til dei internasjonale fora på feltet.
Noreg vil vidareføre rolla si som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar i internasjonale fora som Konvensjonen om biologisk mangfald og FAO sin kommisjon for genetiske ressursar innan mat og landbruk. Det er òg viktig å prioritere nordisk og europeisk samarbeid om genetiske ressursar for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av desse ressursane. Departementet gjer vidare framlegg om å halde oppe Noreg sitt bidrag til Nordisk Genbank Husdyr (NGH). NGH søker om å bli europeisk regionalt kontaktpunkt for husdyrgenetiske ressursar. Departementet vil gje tilskott til dette over posten.
Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Utanriksdepartementet tok initiativ til og finansierte utredninga om globalt sikringslager for frø på Svalbard. Tiltaket vil vere ei samfinansiering mellom Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet, og det vil i 2006 bli arbeidd vidare med å planleggje sikringslageret. Tiltaket er retta inn mot å bevare det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt matvekstar av stor verdi for matforsyninga. Lageret vil vere eit ekstra sikringsnett i ei verd prega av naturkatastrofar og ustabile samfunnsforhold. Noreg har stor internasjonal tillit på området, og Svalbard er eigna på grunn av permafrost, stabile politiske forhold og eit vitskapleg miljø.
Det vil bli gitt tilskott over denne posten til genressursarbeidet ved Skogforsk, som m.a. femnar leiing av kontrollutvalet for Det norske Skogfrøverk og ulike internasjonale oppdrag på vegne av departementet.
Innanfor posten vil det bli gitt støtte til Det norske Skogfrøverk for å sikre dei langsiktige oppgåvene innan frøforsyninga i skogbruket. Bruk av rett frø er viktig for å sikre god tilgang på skogsvirke i framtida. Det ligg ei avtale mellom Landbruks- og matdepartementet og Det norske Skogselskap til grunn for støtta som går til to hovudformål; arbeid Skogfrøverket gjer knytt til kontroll og dokumentasjon og støtte til å sikre tilgang på frø frå område der det ikkje er mogleg å dekkje kostnadene gjennom marknaden. Midlane blir prioritert til frø- og konglesanking, frøproduksjonsanlegg og til arbeid for å sikre dei genetiske ressursane i skogen. Prognoser syner at 2006 ligg an til å bli eit godt frøår, og Skogfrøverket ventar ekstra utgifter i samband med konglesanking. Innanfor ramma vil ein òg gi løyving til nødvendige forvaltningsoppgåver innan frø- og planteforsyninga, inkludert arbeid knytt til import og eksport av frø og planter.
Departementet vil under posten gi støtte til Norsk Fjordhestsenter, Nord-Norsk Hestesenter og til Norsk Hjortesenter på Svanøy.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 3 000 | ||
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 19 710 | 20 066 | 21 888 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap i skogbruket | 13 021 | 13 883 | 11 914 |
96 | Kjøp av andeler i Biopolis BA | 100 | ||
Sum kap. 1141 | 32 831 | 33 949 | 36 802 |
Kapitlet var nytt i 2004. I samband med endringa av kapittel- og poststrukturen under kat. 15.30 blei løyvingane til forvaltningsstøtteoppgåver, næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse, jf. kap. 1140 post 50 og til forvaltningsstøtteoppgåver, utvikling og kunnskapsformidling i skogbruket, jf. kap. 1142 post 50 samla under eit nytt kap. 1141 Kjøp av forvaltningsstøtte innan miljø- og næringstiltak i landbruket. I 2005 er det gjort endringar i kapitel- og postnamn i tråd med departementet sin gjennomgang av støtta til forvaltningsretta oppgåver utført for departementet av ulike forskingsinstitutt, jf. omtale i kat. 15.20.
Post 01 Driftsutgifter
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman. Det visast til nærmare omtale om dette under kat. 15.20.
Posten skal dekkje utgifter for 1. halvår av 2006 knytt til førebuing og administrativ tilrettelegging for oppretting av den nye statlege institusjonen. Institusjonen vil bli oppretta frå 01.01.2006, og det vil bli tilsett direktør og oppretta eit styre. Det blir sett av 3 mill. kroner til det førebuande arbeidet. I tillegg vurderer ein behovet for å disponere inntil 1 mill. kroner over kap. 1137 Forsking og utvikling til dette førebuingsarbeidet.
Dei to institutta vil bli endeleg slått saman frå 01.07.2006, til eit nytt statleg forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og som vil vere nettobudsjettert. Departementet legg opp til at posten i samband med revidert budsjett 2006 blir erstatta av ein ny post på kap. 1141, der departementet sitt tilskott til drifta av den nye institusjonen vil bli budsjettert. Omstillinga vil til dømes ha økonomiske konsekvensar både når det gjeld utrekning av pensjonsutgifter og feriepengar, som ein legg opp til at blir kompensert i forhold til gjeldande praksis. Departementet kjem nærmare tilbake til saka i revidert nasjonalbudsjett 2006.
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Posten omfattar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) si kunnskapsutvikling m.m. for statsforvaltninga. NILF driv forsking, utgreiing, analyse og dokumentasjon av økonomiske og politiske forhold knytt til matvaresektoren og annan bruk av naturressursar. NILF sitt arbeid er grunnlag for politikkutforming, forvaltning, forsking, undervisning, rådgiving og næringsverksemd.
Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet er ein vesentleg del av verksemda til NILF, og dette arbeidet kan delast inn i fire hovudområde:
Sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket
Annan dokumentasjon av næringsøkonomi og matmarknad
Føretaksøkonomisk rettleiing og styring
Driftsøkonomiske data og analysar.
NILF har i tillegg ein del særskilde utredningsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.
Resultatrapport 2004
NILF sine driftsgranskingar for 2003 omfatta rekneskapsdata frå 932 gardsbruk over heile landet. Granskingane utgjer mellom basis for referansebruka som blir nytta som grunnlag for jordbruksforhandlingane. NILF har og utarbeidd 11 spesialundersøkingar der dei m.a. har analysert økonomien i samdrifter i mjølkeproduksjon. Driftsgranskingane og spesialundersøkingane viser variasjonane i lønnsemd mellom gardsbruk, produksjonsformer og landsdelar. Som sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket har NILF utarbeidd materiale som grunnlag for jordbruksforhandlingane, nasjonalbudsjett/nasjonalrekneskap, matvareforbruksutrekningar og rapportering til internasjonale organisasjonar. I 2004 har NILF på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet òg arbeidd med pris- og marginanalysar for matvarer, kombinasjon av landbruk og anna næring, førebuing og deltaking på OECD-møter, kapitalkostnader i mjølkeforedlinga og landbruksbeskattning.
Mål og resultatkrav i 2006
NILF skal i 2006 føre vidare dei faste oppgåvene dei har for forvaltninga. I tillegg til dei faste oppgåvene vil departementet framleis ha stort behov for utgreiing av særskilte problemstillingar i landbruks- og matpolitikken.
Føretaksøkonomi og nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk vil framleis vere sentrale fagområde. Det vil vere viktig med auka kunnskap om matvaremarknaden. Pris- og marginstudiane er sentrale i dette arbeidet. Departementet ønskjer og ei utvikling av data og analyser som omfattar anna næringsverksemd på landbrukseigedom i tillegg til den tradisjonelle jordbruksdrifta.
Departementet legg vekt på at ein får til kostnadsreduksjonar i arbeidet med driftsgranskingane og at brukarnytta av granskingane blir auka. Det bør vere vesentleg brukarfinansiering av produkta innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap i skogbruket
Løyvinga over post 51 blir brukt til finansiering av forskingsbasert kompetanse til støtte for politikkutvikling og gjennomføring av forvaltnings- og informasjonsoppgåver. Dette femner m.a. oppdrag til og råd og utgreiingar frå ulike kunnskapsinstitusjonar med sikte på nasjonale og dels internasjonale tiltak. Frå 2006 vil støtte til internasjonalt skogpolitisk arbeid bli finansiert over kap. 1138 post 71.
Resultatrapport 2004
Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) er ein viktig kunnskapsinstitusjon som på fleire område gjer oppgåver knytt til informasjon, rådgiving og andre fagoppgåver. Feltforsøka i skog har stor skogpolitisk verdi der ein følgjer utviklinga i ulike skogtypar med omsyn til kartlegging av miljøforhold, ressursgrunnlaget og helsetilstanden. Instituttet gir informasjon og held oversikt over skadeomfang av til dømes sopp- og insektskadar. Det er òg nytta midlar til undersøkingar omkring spreiing av framande treslag, insekt, sopp og karplanter innført ved tømmerimport og korleis ein kan betre vedlikehaldet av skogsbilvegar.
Overvakingsprogrammet for skogskadar (OPS) er Noreg sitt bidrag i eit internasjonalt opplegg for skogovervaking som gir grunnlag for internasjonale vedtak og tiltak mot moglege skadeverknader av luftforureiningar. Omfanget av overvakinga er redusert i forhold til tidlegare år. Både Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utførte overvakingsoppgåver i denne samanhengen.
I fleire internasjonale samarbeidsorgan deltek Skogforsk som faginstans på vegne av Noreg. Døme på dette er m.a. samarbeid i Barentsregionen, Baltic 21 og International Energy Agency (IEA).
Ulike bidrag knytt til Ministerkonferansane om trygging av skogane i Europa blei finansiert over denne posten i 2004. Fleire mindre prosjekt innan internasjonale og nasjonale spørsmål i skogsektoren blei gjennomført ved ulike institusjonar.
Gjennomgangen av samarbeidsformer i skogforskinga som starta hausten 2003, blei òg finansiert med desse midlane, jf. kat. 15.20.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om 11,9 mill. kroner til ulike støtteoppgåver og andre bidrag overfor forvaltninga i 2006. For å finansiere drifta til interimsorganisasjonen er posten foreslått redusert med 1 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1141 post 01. Posten er òg foreslått redusert med 2 mill. kroner som følgje av at ein legg opp til at støtta til internasjonalt skogpolitisk arbeid blir løyvd over kap. 1138 post 71.
Fleire forskingsinstitusjonar vil gjere viktige oppgåver for Landbruks- og matdepartementet. Institusjonane vil gi råd og gjere utgreiingar som ligg til grunn for politiske og forvaltningsprega tiltak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Medverknad frå institusjonane i samband med internasjonale prosessar som gjeld skog vil framleis vere aukande, jf. omtale under kap. 1138 post 71.
Skogforsk er særleg engasjert i forsking omkring miljøaspektet ved skogbruk, genetikk og skadar knytt til skog. Skogforsk utførar m.a. mange feltforsøk som har stor skogpolitisk verdi og som det er viktig å oppretthalde både av vitskaplege grunnar og av omsyn til framtidig politikkutforming og forvaltning.
Kap. 1143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 4143)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 157 558 | 149 579 | 144 083 |
70 | Tilskott til beredskap i kornsektoren , kan overførast | 308 | 1 071 | 371 |
71 | Tilskott til små slakteri , kan overførast | 4 034 | 4 239 | 2 875 |
72 | Erstatningar , overslagsløyving | 275 | 302 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar , overslagsløyving | 46 240 | 39 103 | 40 354 |
74 | Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering , kan overførast | 8 450 | 11 267 | 12 628 |
75 | Tilskott til matkorn , overslagsløyving | 108 156 | 113 120 | |
Sum kap. 1143 | 325 022 | 318 681 | 200 613 |
Mål og strategiar
Statens landbruksforvaltning (SLF) er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. SLF har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av mat- og landbrukspolitikken, og det er lagt opp til at SLF i tillegg til å administrere dei ulike ordningane òg skal ha ei rådgjevande rolle. SLF skal medverke til administrativ forenkling og til å utvikle eksisterande regelverk med sikte på auka måloppnåing.
Hovudmål for verksemda:
SLF skal innanfor dei landbrukspolitiske rammene medverke til å:
sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og levande bygder
sikre matproduksjon og ei stabil matforsyning
sikre ein stabil marknad og eit godt fungerande næringsmiddelindustri
sikre eit godt fungerande importvern og oppfylle internasjonale avtalar.
SLF skal vere ei velfungerande verksemd med initiativrike, endringsdyktige og serviceinnstilte medarbeidarar som gjennom forvaltning og rådgjeving skal sikre brukarane effektive tenester.
SLF har utarbeid ein strategisk plan for perioden 2002-2006. Strategiplanen blei vurdert på nytt midt i perioden. Ein rullert strategiplan blei sett i verk våren 2004. Rolla til SLF som nasjonal fagmyndigheit skal utviklast vidare.
Ein har peika ut tre strategisk viktige område som SLF spesielt må leggje vekt på i perioden:
heilskapleg forvaltning og rådgiving
samarbeid med andre
effektivisering av forvaltninga
Presentasjon av resultatområda
SLF har fem resultatområde. For å nå måla på dei ulike resultatområda er det viktig med god samhandling mellom avdelingane i SLF. Dei ulike resultatområda er:
Areal- og ressursforvaltning
SLF skal medverke til å sikre ressursgrunnlaget for landbruksproduksjon og eit breitt spekter av tiltak for å fremme næringsutvikling samt ivareta miljøverdiar og verdifulle kulturlandskap. Eit viktig ansvarsområde er knytt til utvikling og forvaltning av verkemidla på arealområdet, medrekna nasjonal oppfølging av dei juridiske verkemidla. Innanfor området miljø og kulturlandskap er arbeidet med miljøprogram og miljøplan sentrale oppgåver. Forvaltning og utvikling av dei økonomiske verkemidla i skogbruket, erstatningsordningar for landbruket og naturskadeområdet er òg sentrale ansvarsområde.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
SLF skal medverke til å sikre matproduksjon og stabil matforsyning. SLF forvaltar inntekts- og velferdsordningar med primærprodusentar som målgruppe. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, pristilskott, kompetanse, rekruttering og velferdsordningar, kvoteordninga for mjølk og husdyrkonsesjon.
Omsetning og marknadstiltak
SLF skal medverke til å sikre ein stabil marknad og ein godt fungerande næringsmiddelindustri. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til forvaltning og utvikling av verkemidla innan økologisk landbruk og innanfor marknadsordningane for mjølk, kjøtt, egg, grønt, potet og korn. Formålet med ordningane er å sikre avsetning for norske jordbruksråvarer. Omsetningsledd og annan næringsmiddelindustri er dei viktigaste målgruppene. SLF har òg ansvar for sekretariatsfunksjonen for Omsetningsrådet og styrer på forskingsområdet.
Handel og industri
SLF skal medverke til å sikre at importvernet for landbruksvarer fungerer godt og har ansvar for å oppfylle internasjonale avtaler på området. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til å forvalte importvernet med tollnedsetjingar og importkvotar, ordninga med råvarepriskompensasjon, eksportstøtteordningar, marknadsovervaking og prisinnhenting.
Forvaltninga byggjer på internasjonale avtalar og importørar og næringsmiddelindustri er viktige målgrupper.
SLF skal arbeide målretta for ein effektiv kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt totale ansvarsområde.
Administrasjon
SLF skal vere ei velfungerande verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Dei viktigaste ansvarsområda er knytt til utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, dokumentasjon og informasjon, interne driftsoppgåver og IKT.
Resultatrapport 2004
Hovudfokuset for det strategiske arbeidet i verksemda har i 2004 vore å gjennomføre vedtekne strategi og å rullere Strategisk plan 2002-2006. SLF utarbeidde òg ein kommunikasjonsstrategi og ein delstrategi for området Samarbeid med andre.
IKT-strategien er eit viktig ledd i å utvikle SLF til å kunne tilby elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltninga, og det er sett i gong mange prosjekt og satsa mykje på arbeidet med å knyte systema betre saman og å få eit felles webbasert grensesnitt for å gjere SLF til ei e-forvaltningsverksemd. I 2004 tilbydde SLF alle bønder å kunne søkje om produksjonstilskott via Internett. Om lag 10 pst. av søkarane brukte denne sjølvbetjeningsløysinga. SLF vil i 2005 tilby ytterlegare sjølbetjeningsløysingar for brukarar via den nye internettsida http://www.slf.dep.no.
SLF har i 2004 gått gjennom erstatningsordningane i landbruket og lagt fram forslag som har ført til omfattande forenklingar både med omsyn til regelverk og forvaltning. Det er i 2004 innført regionale miljøprogram i to fylke som pilotprosjekt. SLF har godkjent regionale miljøprogram i dei andre fylka.
SLF har kome med innspel til jordbruksoppgjøret i 2004. Det har vore særleg merksemd på forenklingar i verkemiddelsystemet og auka handlingsrom for næringsutøvarane, samtidig som ein la vekt på stabilitet i verkemidla.
2004 var første året med endra marknadsordning for mjølk. Endringa innebar m.a. at Tine Råvare administrativt og rekneskapsmessig blei skild ut som ei eiga eining i Tine BA. SLF følgjer opp dette gjennom eiga avtale med Tine BA. Regimet med etterkontroll/etterrekning blei ført vidare som ei mellombels ordning. Samtidig blei det sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skulle vurdere avviklinga av ordninga og greie ut alternative kontrollregime i mjølkesektoren. Arbeidsgruppa la fram rapporten sin 28.01.2005.
Rammevilkåra for norsk landbruk og næringsmiddelindustri er i stor grad påverka av internasjonale avtaler. SLF har ansvaret for å utarbeide utrekningar og faglege analyser som grunnlag for internasjonale forhandlingar på landbruksområdet. I 2004 har det vore fokus på å setje i verk protokoll 3 til EØS-avtalen, artikkel 19 til EØS-avtalen og å kommunisere rammevilkåra til næringsmiddelindustrien.
Det er stor internasjonal handel med landbruksvarer. Frå 2003 til 2004 har det m.a. vore ein auke i importen av bearbeida jordbruksvarer (RÅK-varer) på i overkant av 10 pst. målt i volum og importverdi.
Nærmare omtale av aktiviteten finn ein i årsrapporten for 2004 frå SLF på: http://www.slf.dep.no.
Budsjettframlegg 2006
I 2006 vil det vera viktig å utvikle organisasjonen vidare slik at SLF kan nå måla og gjennomføre dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda. Ein viktig del av arbeidet med å utvikle SLF vidare er knytt til gjennomføringa av IKT-strategien. Satsinga på IKT er heilt nødvendig for å møte dei utfordringane som SLF vil stå overfor i forvaltninga dei næraste åra. Krava til m.a. brukarinnretning og service har auka. Viktige brukargrupper som bønder og næringsmiddelindustri ønskjer at det skal vere mogleg å kommunisere med SLF elektronisk når dei måtte ønskje det (elektroniske sjølvbetjeningsløysingar). Realisering av IKT-strategien vil medverke til dette.
Under følgjer ein nærmare omtale av dei enkelte resultatområda:
Areal- og ressursforvaltning
I 2006 vil SLF arbeide for ein meir heilskapleg og styrka innsats slik at landbruks- og arealbruksomsyn, samt omsyn til kulturlandskap og miljø i større grad blir integrerte i prosessane knytt til planlegging og utvikling på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.
SLF vil leggje vekt på oppgåver knytt til overvaking og bruk av kart og kartverktøy på området areal- og ressursforvaltning. I løpet av 2005 vil SLF ha sett i drift eit web-basert system som gjev alle skogeigarar oversyn over skogfondskontoen og der søknad om refusjon av skogavgift frå kontoen kan registrerast. SLF vil i 2006 arbeide for at skogeigarane i auka grad tek systemet i bruk. I løpet av 2006 vil SLF implementere eit nettbasert søknads- og saksbehandlingssystem for erstatningsordningane i landbruket med sikte på effektivisering for brukarane. SLF vil vidareføre gjennomgangen av naturskadelova og forvaltningssystemet med sikte på auka målretting og effektivisering av verkemidla i lova.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
I 2006 vil SLF leggje vekt på å vidareutvikle nettbasert forvaltning av tilskott med sikte på auka brukarvennlegheit. Produsentane skal i aukande grad søkje om produksjonstilskott på Internett og kommunar og fylkesmenn skal nytte nettbaserte saksbehandlingssystem. Målsetjinga er at 30 pst. av søknadene i 2006 blir innsendt via Internett. Innspel til målretting og forenklingar i dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktig òg i 2006. Arbeidet med å redusere oppgåvebyrdene til næringslivet skal førast vidare.
Omsetning og marknadstiltak
Oppfølging av prisutjamningsordninga for mjølk blir viktig òg i 2006. Det vil særleg bli fokusert på oppfølging og evaluering av Tine Råvare med omsyn til mest mogleg like vilkår for alle aktørane i mjølkesektoren. SLF skal overvake det normerte kravet til avkastning på eigenkapitalen hos Tine Industri som blir innførd frå 2006. Økologisk landbruk og beredskapsarbeidet vil òg vere viktige satsingsområde.
Handel og industri
I 2006 vil SLF leggje vekt på å setje i verk resultatet av internasjonale forhandlingar og å utarbeide faglege analyser og grunnlagsmateriale til bruk i vidare forhandlingar der det blir nødvendig. For å oppnå auka brukarinnretning og forenkling innanfor forvaltninga av importvernet, vil SLF utvikle og sette i verk e-forvaltning på dette området. SLF vil framleis ha fokus på marknads- og prisovervakinga og på konkurransesituasjonen til RÅK-industrien. Målretta ekstern kontroll av økonomiske verkemiddel innanfor SLF sitt ansvarsområde er òg viktig.
Administrasjon
SLF vil òg i 2006 tilby brukarane nye elektroniske tenester gjennom nye internettsider www.slf.dep.no. SLF vil òg halde fram det generelle arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Merknader til dei enkelte postane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje SLF sine driftsutgifter. Posten er auka med 1,5 mill. kroner i samband med at SLF skal utvikle nytt auksjonssystem for tollkvotar. Posten er redusert med 9,526 mill. kroner i samband med at det i 2006 blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan, jf. omtale i innleiinga. For å kunne oppretthalde nødvendig fleksibilitet vil det framleis vere aktuelt å belaste tilskottsordningane med visse utgifter, særleg av utviklings- og utgreiingskarakter og ved evalueringar.
Post 70 Tilskott til beredskap i kornsektoren
Beredskapsordninga for mjøl til bakeribransjen i områda frå Ofoten/Vestfjorden og nordover byggjer på avtalar mellom handelsmøllene og SLF. I avtalen forpliktar handelsmøllene seg til, i tillegg til eige driftslager, å halde eit beredskapslager av kornbaserte råvarer tilsvarande 20 dagars sal til bakeria i området. Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 371 000 kroner for 2006.
Post 71 Støtte til små slakteri
Tilskott til små slakteri skal medverke til å jamne ut kostnadene som desse slakteria har til kjøttkontroll. Siktemålet er at tilsynskostnadene ikkje skal føre til at dei små slakteria blir nedlagde.
Sidan ordninga blei oppretta i 1999 har dei årlege løyvingane blitt gradvis reduserte. Med bakgrunn i at reinslakteria har høgare kostnader til kjøttkontroll enn andre slakteri, har desse blitt skjerma for dei årlege kutta. Mattilsynet har vurdert kostnadane ved kjøttkontrollen og moglege kostnadsreduksjonar særskilt, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Modellen for utrekning av kjøttkontrollgebyr er ikkje primært innretta på dei små verksemdene der gebyrkostnaden i blant blir opplevd som urimeleg høg i forhold til den tilsynstenesta som er ytt. Gjennomsnittskostnaden til kjøttkontrollgebyr i små slakteriverksemder var i 2004 på 177 øre/kg kjøtt. For å medverke til at verksemder ikkje må betale meir enn tilsynet sine faktiske kostnader m.a. ut i frå prinsippa i det nye hygiene- og kontrollregelverket, legg departementet opp til å etablere ein maksimalsats på kjøttkontrollgebyret slik at dette i 2006 ikkje utgjer meir enn 100 øre/kg kjøtt.
Med bakgrunn i at det etablerast eit maksimalnivå for kjøttkontrollgebyret på 1 krone pr. kg kontrollert kjøtt er posten redusert med 1,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,875 mill. kroner i 2006.
Post 72 Erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 302 000 kroner som skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr.100 (2002-2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskotet skal òg dekkje meirutgifter og tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av for høgt innhald av radioaktivitet i storfe og småfe, samt visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31. Det er sett i gang arbeid med eit felles fagsystem med nettbasert informasjon, og søknad om erstatning som skal ferdigstillast i 2006. Utviklinga av fagsystemet vil bli delfinansiert over posten med inntil 2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på omlag 40,3 mill. kroner i 2006.
Post 74 Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering
Formålet med tilskotet er å medverke til at norsk landbruk har tilgang på plantemateriale som er kontrollert for skadegjerarar, og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Ein tek med tilskottet òg sikte på å medverke til utvikling av plantemateriale som gir produktivitetsauke i landbruket, betre produktkvalitet, og som tek omsyn til miljøet. Løyvinga omfattar òg oppgåver innan planteforedlingsforsking. Departementet legg til grunn at over tid skal ein større del av produktivitetsutviklinga bli finansiert med auka betaling frå brukarane.
Tilskottet blir gitt Graminor AS som frå 01.01.2004 har ansvar for å foredle fram nytt norsk sortsmateriale av korn, engfrø, potet, frukt og prydplanter. SLF har, etter retningslinjer fastsett av Landbruks- og matdepartementet, forvaltningsansvar for midlane som blir gitt som tilskott etter søknad frå Graminor AS.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 12,6 mill. kroner i 2006.
Post 75 Tilskott til matkorn
Tilskottet til matkorn er med verknad frå 2006 flytt frå kap. 1143 post 75 til kap. 1150 underpost 73.20.
Kap. 4143 Statens landbruksforvaltning (jf. kap. 1143)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsinntekter m.m. | 34 233 | 29 217 | 30 152 |
18 | Refusjon sjukepengar | 5 444 | ||
Sum kap. 4143 | 39 676 | 29 217 | 30 152 |
Post 01 Driftsinntekter
Posten gjeld driftsinntekter som Statens landbruksforvaltning har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetningsrådet og styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk og sal av tenester. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten. Det er budsjettert med om lag 30,2 mill. kroner i inntekter for 2006.
Kap. 1144 Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
77 | Miljøretta prosjektarbeid m.m. , kan overførast | 9 819 | 7 313 | 7 547 |
Sum kap. 1144 | 9 819 | 7 313 | 7 547 |
Mål
Målet med løyvinga er å gi ei ekstra styrking av arbeidet med auka desentralisering av ansvar og myndigheit, samt å styrkje Fylkesmannen sin funksjon som kompetansesenter innan næringsutvikling, busetjing, arealforvaltning og miljøarbeid.
Post 77 Miljøretta prosjektarbeid m.m.
Resultatrapport 2004
Over kap. 1144 post 77 blei det i 2004 gitt støtte til ulike tiltak knytt til miljø- og ressursarbeid og til prosjekt knytt til Landbruk Pluss og oppfølging av det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tiltak/prosjekt | Beløp |
Diverse prosjekt i regi av Fylkesmannen | 8 674 |
Nasjonal jordvernkonferanse | 1 145 |
Sum utbetalt frå kap. 1144 post 7 i 2004 | 9 819 |
I regi av fylkesmannsembeta blei det i 2004 gitt støtte til prosjekt og andre former for utviklingsarbeid regionalt og lokalt m.a. knytt til:
satsinga på Geovekst og GIS-kompetanseutvikling
rovvilthandtering
oppfølging av kommuneretta arbeid, som eit ledd i Landbruk Pluss satsinga
Vidare blei det inngått ei samarbeidsavtale mellom KS og Landbruks- og matdepartementet, som har som målsetjing å sikre ei god oppfølging av den kommuneretta satsinga på landbruksområdet. Det har òg vore nytta midlar til å utvikle eit rapporteringsskjema for landbruk i KOSTRA i regi av Statistisk Sentralbyrå. Det blei òg gitt støtte til prosjektet KOLA-Viken, eit prosjekt for kompetanseutvikling innan landbruk og bygdeutvikling retta mot kommunane, Fylkesmennene og Innovasjon Noreg i Oslo og Akershus, Østfold, Buskerud, Telemark og Vestfold.
Innanfor areal- og kartarbeidet blei arbeidet med jordvern og kulturlandskap prioritert i 2004, og det blei:
gitt støtte til å planlegge, gjennomføre og følgje opp ein nasjonal konferanse Kampen om arealene - om jordvern og kulturlandskap. Konferansen samla politikarar og representantar frå sentral, regional og lokal landbruksforvaltning til debatt om arealutnytting og jordvernstrategiar.
gitt støtte til å produsere ein DVD Areal - lokalt gull og gitt støtte til enkelte fylkesvise produksjonar av Biletspelet. Dette som eit ledd i ei samla satsing for kommunanes framtidige forvaltning av matjord og kulturlandskap.
Budsjettframlegg 2006
For 2006 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 7,5 mill. kroner.
Det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet vil halda fram med auka fokus på lokal styring, desentralisering og delegering, og vil framleis krevje god kontakt mellom kommunane og Fylkesmannen. Omlegginga inneber m.a. at Fylkesmannen si rolle som rådgivande kompetanseorgan er forsterka. I denne samanheng vil ordninga med øyremerka midlar bli vidareført, slik at fylkesmannsembeta kan tilby kompetansetiltak overfor kommunane. Følgjeforskingsprosjektet i regi av Norsk senter for bygdeforsking vil bli ført vidare for å hauste ytterlegare erfaringar med auka oppgåveoverføring på landbruksområdet. Erfaringane så langt syner at det tek tid både på politisk og administrativt nivå å sjå og utnytta det handlingsrommet som kommunane har fått. Det vil derfor framleis bli lagt til rette for tilbod som kan gje auka kompetanse både i forvaltninga og hos politikarar. Kompetanseverktøyet som er utarbeida vil bli utvikla vidare med tanke på å bli brukt i fleire fylke.
Landbruks- og matdepartementet og KS har ein samarbeidsavtale i perioden 2004-2005, departementet vil vurdere å vidareføre samarbeidet med tanke på å auke det landbrukspolitiske engasjementet i kommunane. Som ein del av oppgåveoverføringa vil ein større del av rapporteringa frå kommunane på landbruksområdet gå gjennom KOSTRA frå 01.01.2006. I første omgang vil det gjelde i forhold til jord- og konsesjonslovgjevinga, samt plan og bygningslova. Det vil vere nødvendig å vurdere og utvikle vidare rapportering på andre område innan landbruksområdet samt å få ei målretta utnytting av datamaterialet som blir samla inn.
Gjennom Landbruk Pluss er det sett i gong fleire pilotprosjekt i kommunar og fylke. Målet med desse prosjekta er å utvikle metodikk og verktøy for å styrkje arbeidet med næringsutvikling, busetjing og arealforvaltning i kommunane, og hauste erfaringar frå dette arbeidet. Pilotprosjekta vil bli vidareført i 2006.
Dei nasjonale resultatmåla for vern om jordressursar og spesielt verdifulle kulturlandskap, jf. kap. 15.30, krev oppfølging regionalt og lokalt. Ein ny rettleiar frå juni 2005 om kommunal prioritering av kjerneområde landbruk, er eit ledd i det kommuneretta arbeidet knytt til kulturlandskap og jordvern. I denne samanheng vil ein vurdere behovet for å setje i gong prosjekt i enkelte fylke.
Fylkesmannen skal i samarbeid med dei regionale rovviltnemndene føre vidare arbeidet knytt til rovviltforvaltning i tråd med St.meld. nr. 15 (2003-2004).
Kap. 1145 Jordskifterettane (jf. kap. 4145)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 154 924 | 148 923 | |
21 | Spesielle driftsutgifter , kan overførast | 2 068 | ||
Sum kap. 1145 | 154 924 | 150 991 |
Resultatrapport 2004
Det følgjer av jordskiftelova at det skal skapast ei netto privatøkonomisk verdiskaping i jordskiftefeltet. Erfaringstal tyder på at løyvingar til jordskifterettane gir ei verdiskaping på minst det dobbelte av løyvinga i form av auka produktivitet og sysselsetjing i distrikta.
Statistikken viser at det i 2004 blei avslutta totalt 1007 saker (2003: 970), fordelt med 949 saker ved jordskifterettane og 58 saker ved jordskifteoverrettane. 763 (800) tvistar blei behandla og avgjort enten gjennom dom eller rettsforlik. 8207 (10 142) partar fikk løyst problem knytt til eigedomane deira i sakene som blei avslutta. I dei avslutta sakene blei det behandla 235 (193) km skogsvegar, og det blei merka og koordinatfesta 1 619 (2 017) km grenser. Gjennomsnittsalderen på avslutta saker blei redusert frå 35 månader i 2003 til 29 månader i 2004. Gjennomsnittleg ventetid før sakene kom opp til behandling var 11 (17) månader og gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 18 (18) månader. Sakstilgangen er stabil. Det kom inn 820 saker i 2004, mot 821 i 2003. Restansane blei reduserte med 8 pst.
I St.prp. nr. 1 (2003-2004) sette ein som mål at omorganisering og bruk av ny teknologi i sum ville gi ei effektivisering på opp mot 10 pst. og at noko av dette ville kome i 2004. Tala som er nemnt ovanfor for 2004 og andre resultatindikatorar, tyder på at målsetjinga er nådd allereie i 2004, altså noko før ein trudde. Tala tyder vidare på at satsinga på GPS har ført til at målearbeidet nå går vesentleg raskare enn med gamalt måleutstyr, men det er framleis behov for både fornying og fleire sett med GPS for å fortsette å ta ut denne effektivseringsvinsten.
Ved behandlinga av Ot.prp. nr. 106 (2002-2003) Endringer i domstolloven og jordskifteloven (jordskifterettenes stilling og funksjoner) blei det vedteke å vidareføre jordskifterettane som særdomstol og overføre administrasjonen av jordskifterettene frå Landbruksdepartementet til Domstoladministrasjonen (DA). Flyttinga blir gjennomført 01.01.2006. Førebuing og gjennomføring av flyttinga blir gjort i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Justis- og politidepartementet og Domstoladministrasjonen. Kostnadane med flyttinga blir dekt over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Løyvinga til jordskifterettane for 2006 er flytta til St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Justis- og politidepartementet. I tillegg til den ordinære løyvinga er det gjort ein overføring på 3 mill. kroner for å dekkje eingongsutgifter knytt til nødvendig IKT-oppgradering.
Kap. 4145 Jordskifterettane (jf. kap. 1145)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Saks- og gebyrinntekter | 12 459 | 9 306 | |
02 | Sideutgifter | 2 068 | ||
15 | Refusjon, arbeidsmarknadstiltak | 45 | ||
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 893 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 2 209 | ||
Sum kap. 4145 | 15 606 | 11 374 |
Kap. 1146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 4146)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 79 872 | 82 454 | 80 518 |
96 | Kjøp av aksjer | 100 | ||
Sum kap. 1146 | 79 972 | 82 454 | 80 518 |
Mål og strategiar
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) produserer grunnleggjande faginformasjon av høg kvalitet om naturressursar, areal og miljø for landbruksforvaltninga, føretaka i landbruket og for samfunnet elles. Som nasjonalt fagorgan skal NIJOS vere eit senter for arealressursinformasjon med ansvar for nasjonale program for undersøking av jord, skog, vegetasjon og landskap med arealstatistikk og arealkart som hovudprodukt. Som ein del av det offentlege verkemiddelapparatet skal NIJOS gi informasjon, kompetanse, råd og rettleiing om berekraftig bruk og utvikling av arealressursane i Noreg. NIJOS er òg kompetanseorgan innan geodata for landbruksforvaltninga og yter kompetansetenester innan jordskifte og skogbruksplanlegging.
Utvikling av nye produkt og tenester skal rettast mot måla i landbruks- og matpolitikken om næringsutvikling og innovasjon. NIJOS er Landbruks- og matdepartementet sitt rådgivande organ i spørsmål knytt til instituttet si verksemd.
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å etablere ein ny statleg institusjon for arealressursar; skog, jord, utmark og landskap, jf. nærmare omtale under kat. 15.20 og kap. 1141 post 01.
Inntil den nye institusjonen blir etablert skal NIJOS oppretthalde aktiviteten sin som før. Informasjonen frå NIJOS må vere av ein slik kvalitet at den kan nyttast til
utforming, gjennomføring og etterprøving av mat- og landbrukspolitikken, m.a. verdiskaping og berekraftig utnytting av ressursgrunnlaget
modernisering og effektivisering av offentleg forvaltning, driftsplanlegging, dokumentasjon og miljøarbeid innan landbruksnæringa
overvaking og rapportering knytt til internasjonale avtaler
NIJOS har òg kompetanse som blir nytta i internasjonal bistand på geodata-, landbruks- og miljøområdet.
NIJOS prioriterer å :
auke bruken av instituttets data gjennom god tilgang, rettleiing og støtte for brukarane.
føre vidare dialogen med brukarane av informasjonen, fange opp nye ønskje slik at NIJOS sine data kan gi grunnlag for nye brukartilpassa produkt eller tenester
føre vidare, utvikle og effektivisere dei nasjonale kartleggings- og overvakingsprogramma. Data frå dette vil være landbrukssektoren sitt bidrag i eit nasjonalt arealrekneskap. NIJOS skal ta del i teknologiutviklinga, ha høg kompetanse og utvikle samarbeidet med andre aktørar
stø dei regionale og sentrale landbruksstyresmakter med kompetanse og rådgiving innanfor instituttets kjerneverksemd
NIJOS tek del i det nasjonale samarbeidet om etablering av digitale kartdata, Norge digitalt. NIJOS skal gjere data tilgjengelege på vilkår som fremmer auka bruk. Ved å utvikle løysingar for distribusjon og bruk av informasjon på Internett fremmer NIJOS måla i e-Noreg strategien om godt innhald og gir grunnlag for effektivisering og modernisering av forvaltninga. NIJOS tek òg del i etablering og forvaltning av digitale flybilete, og arbeider for å gjere desse betre tilgjengelege.
Resultatrapport 2004
I 2004 har instituttet arbeidd vidare med innsamling, tilrettelegging og formidling av data og informasjon innan kjerneområda skog, jord, vegetasjon og landskap. Data og informasjon frå dette arbeidet har gitt viktige bidrag til betre planlegging og ressursforvaltning, auka verdiskaping, auka kvalitet og effektivitet i offentleg forvaltning, samt til gjennomføring av landbruks- og miljøpolitikken.
Data frå NIJOS er i aukande grad blitt tilgjengeleg for alle, gjennom internettbaserte løysingar. Samtidig har NIJOS, gjennom tilrettelegging av informasjon og samarbeid med andre offentlege institusjonar, vore med å styrkje den offentlege infrastrukturen og byggje e-forvaltninga i Noreg.
I 2004 er følgjande viktige oppgåver gjennomført:
Informasjon om Noregs skogressursar
Data frå Landsskogtakseringa er viktige for regionale skogpolitiske strategiprosessar, og blir nytta saman med data frå program for skogovervaking som grunnlag for skog- og miljøpolitiske analyser og i internasjonal rapportering.
Landsskogtakseringa og arbeidet med fylkesvise takstar er ført vidare med registrering på 1/5 av dei landsdekkjande prøveflatene. I 2004 blei arbeidet med det 8. omdrev av den nasjonale takseringa avslutta.
Registreringar i overvakingsprogrammet for skogskadar er gjort i tråd med den nasjonale satsinga og etter internasjonale standardar.
Informasjon om Noregs landskapsressursar
Programmet for overvaking av jordbrukets kulturlandskap viser utviklinga i kulturlandskapet for indikatorar innan arealstruktur, biologisk mangfald og kulturminne. Programmet er ført vidare etter planen. I 2004 starta arbeidet med eit nytt omdrev av programmet som vil gi informasjon om endringar i landskapet. Programmet er finansiert frå kap. 1150 og frå Miljøverndepartementet.
Digitale Markslagskart (DMK)
DMK gir grunnlag for er ei meir effektiv og korrekt forvaltning av arealtilskott. I 2004 blei det produsert digitalt markslagskart (DMK) for 9 055 km2 og ajourført DMK for 6 955 km2. DMK ligg no føre for 156 000 km2 av totalt ca. 180 000 km2.
Det er utarbeidd jordregister for 29 kommunar og levert gardskart med flybilete til bruk i tilskottsforvaltninga for mange av desse kommunane. I løpet av 2003 og 2004 blei det levert slike gardskart for om lag 15 000 eigedommar. Arbeidet er og finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150.
Det er laga arealressurskart i målestokk 1: 50 000 for 12 422 km2. I målestokk 1:250 000 er det laga kart for 45 171 km2. Desse karta utvidar bruksområdet for DMK og kan m.a. nyttast i kommunale planprosessar. Slike kart nyttast som grunnlag for avgrensing av kjerneområde for landbruk i kommunane.
Informasjon om Noregs jordressursar
Jordsmonninformasjonen blir brukt som grunnlag for næringsutvikling, jordvern og miljøtiltak. I 2004 er det kartlagt 115 km2 jordsmonn. Totalt er ca. 4 600 km2 av jordbruksarealet i landet kartlagt (ca. 45 pst. av totalt areal). Jordsmonndata blir formidla over nettstaden www.jord.nijos.no. Vidare blei det utarbeidd samla jordsmonnstatistikk for alt dyrka areal i Østfold og Vestfold.
Informasjon om Noregs vegetasjons- og utmarksressursar
Saman med rådgiving om beitebruk og skjøtsel av landskap er dette informasjon som medverkar til auka verdiskaping og samtidig legg grunnlag for betre landskaps- og miljøforvaltning. System for informasjon for beitebruk (IBU) er ført vidare for alle fylke. Systemet inneheld kart og statistiske data om beitebruken i utmark.
Det er kartlagt vegetasjon for 490 km2.
Landbruk digitalt
Data og informasjon frå dei ulike programma er systematisert i databasar. Desse blir formidla gjennom nettstader som gir brukarane enkel tilgang til eit vidt spekter av data og karttenester. Data frå NIJOS inngår samtidig i den nasjonale infrastrukturen for geodata.
NIJOS har ytt kompetansetenester i samband med geografisk behandling av informasjon og bruk av geodata i landbruksforvaltninga. Eit viktig område for slike tenester er satsinga på bruk av gardskart i tilskottsforvaltninga og tenesteyting til kommunane knytt til dette. NIJOS har gitt opplæring til kommunane for å gjere dei betre i stand til å halde à jour halde sitt kart- og datagrunnlag. Dette er gjort i nært samarbeid med Statens kartverk og fylkesmannsembeta.
NIJOS har og medverka og til standardisering og samordning av den nasjonale infrastrukturen av geografiske data og tenester.
Andre kompetansetenester m.m.
NIJOS har gitt råd på alle fagområda der instituttet samlar inn og formidlar data. Særleg har rådgiving innan skogbruksplanlegging, skogstatistikk og bruk og skjøtsel av utmark eit stort omfang. Rådgiving innan jordsmonn og landskapsinformasjon er og aukande.
Instituttet har medverka til effektivisering, kvalitetsheving og auka medverknad frå skogeigarane i skogbruksplanlegginga.
NIJOS har hjelpt jordskifterettene med tenester i samband med informasjonsgrunnlag for verdsetjing og bruk av geodata.
I samarbeid med Statistisk sentralbyrå har NIJOS laga eit utkast til eit system for utvalskartlegging som grunnlag for den nasjonale arealstatistikken. Systemet baserar seg på ein metode utarbeidd av Eurostat.
I samsvar med retningslinene i FN sin klimakonvensjon og Kyoto-protokollen har NIJOS samarbeidd med Statistisk sentralbyrå og CICERO om å utvikle og teste ein metode for å kartleggje og rapportere klimagassutslepp og -opptak frå arealbruk, endra arealbruk og skogbruk i Noreg.
NIJOS har gjennom samarbeid med Norwegian forestry group as (NFG) og Norwegian agricultural research international (NARI) teke del i fleire bistandsprosjekt innan geodata-, landbruks- og miljøområdet.
Budsjettframlegg 2006
Post 01 Driftsutgifter
NIJOS har om lag 116 årsverk. Departementet legg til grunn at løyvinga til NIJOS for 2006 vil gå inn i løyvinga til den nye institusjonen som skal opprettast frå 01.07.2006. Budsjettkonsekvensane vil bli tatt opp i revidert nasjonalbudsjett for 2006. For å finansiere førebuingane er kap. 1146, post 01 redusert med 2 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1141, post 01.
Posten er òg redusert med 1,3 mill. kroner i samband med at det i 2006 blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan, jf. omtale i innleiinga.
I 2006 skal NIJOS:
Føre vidare utvalskartlegging for produksjon av nasjonal statistikk over landets arealressursar; skog, landskap, jord og vegetasjon. Arbeidet med heilskapleg arealstatistikk som og dekkjer fjell- og utmark vidareførast i samarbeid med SSB. Informasjon om kulturminne for skog, jordbrukslandskap og utmark blir inkludert i programmet og blir sett i samanheng med opplegget for heilskapleg landskapsinformasjon.
Føre vidare heildekkjande arealkartlegging som inngår i den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon som gir grunnlag for betre arealplanlegging, arealutnytting og arealforvaltning.
Yte kompetansetenester til offentleg forvaltning og næringsliv.
Informasjon om Noregs skogressursar
Gjennom Landsskogtakseringa registrerer NIJOS informasjon om skogressursane i Noreg. Registreringane er ledd i lange tidsseriar og gir nyttig informasjon om skogen sin utvikling og tilstand. Skogen i Finnmark og bjørkeskogen i fjellet blei inkludert i 9. omdrev starta i 2005 og blir ført vidare.
Informasjon om Noregs landskapsressursar
Landskapet er ein viktig nasjonal ressurs og eit verdifullt kollektivt gode. NIJOS skal medverke til betre arealforvaltning og landskapsbasert ressursutnytting ved å utvikle, produsere og formidle kunnskap om landskapet. Nasjonalt program for overvaking av jordbruket sitt kulturlandskap (3Q) blir ført vidare for å medverke til betre forvaltning av landskapet. NIJOS vil òg arbeide for å utvikle enkle og lett forståelege indikatorar for å måle utvikling og tilstand til landskapet.
Informasjon om Noregs jordressursar
Informasjon om jordkvaliteten på landbruksareala i Noreg gir viktig grunnlag for næringsutvikling og ei langsiktig, berekraftig forvaltning av jordressursane. Jordsmonnkartlegging blir ført vidare i tråd med lokal etterspurnad etter slike data.
Informasjon om Noregs vegetasjons- og utmarksressursar
NIJOS kartlegge arealressursar og arealbruk i utmark og formidlar data og kunnskap for auka lønnsemd i utmarksnæring og god forvaltning av utmarksareala i eit langsiktig perspektiv. NIJOS skal føre vidare informasjonssystemet for beitebruk i utmark og drive vegetasjonskartlegging i utmark. Dette er delvis finansiert frå brukarane.
Digitale markslagskart (DMK)
Digitale markslagskart er det mest detaljerte nasjonale arealressurskartet og blir brukt som grunnlag for arealplanlegging og i tilskottsforvaltning. Programmet blir òg finansiert over jordbruksavtalen, jf. kap. 1150. Målet om etablering av nytt DMK for heile jordbruksarealet er utsett frå 2006 til 2009, jf. St.prp. nr. 69 (2004-2005) Om jordbruksoppgjøret 2005. I 2006 skal likevel etablering av databasen fullførast, slik at denne blir landsdekkjande. Samtidig skal data bli oppdatert ved bruk av flybilete for om lag 2 000 km2 av jordbruksarealet (om lag 20 pst. av totalt jordbruksareal), slik at kvaliteten blir tilfredsstillande for tilskottsforvaltning. Gardskart for landbrukseigedommane blir gjort tilgjengeleg for bruk på Internett,og det blir utvikla gode rutinar for kontinuerlig vedlikehald av data i kommunane.
Nasjonalt geodatasamarbeid
NIJOS har ansvaret for landbruket sitt bidrag i samarbeidet om etablering og drift av den nasjonale infrastrukturen av geografisk informasjon, Norge digitalt. NIJOS skal leggje til rette for, koordinere og gi rettleiing i bruk av geodata innan landbruksforvaltninga og formidle data via Internett. Gjennom samarbeid med Statens kartverk og andre partar i Norge digitalt skal NIJOS bidra til å etablere eit landsdekkjande program for flyfotografering, Norge i bilder. Data som blir etablert gjennom dette programmet skal bli enkelt tilgjengeleg på Internett.
Andre kompetansetenester m.m.
Informasjon frå NIJOS blir brukt i kommunale arealplanar, kartlegging av biologisk mangfald, landbruksplan og andre planprosessar. NIJOS skal synleggjere moglegheiter for auka bruk av geografisk informasjon for regionale og sentrale styresmakter, m.a. innan regionale miljøprogram, miljøplanar på landbruksføretaka, næringsutvikling og innovasjon. NIJOS skal yte tenester til jordskifterettane og kompetansestøtte til fylkesmannsembeta og andre delar av landbruksforvaltninga. NIJOS skal òg gi fagleg støtte til departementet i spørsmål knytt til skogbruksplanlegging. NIJOS skal medverke til gjennomføring av norsk bistand, yte konsulenttenester og representere Noreg i internasjonalt samarbeid på område der NIJOS har relevant kompetanse.
Kap. 4146 Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (jf. kap. 1146)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
02 | Driftsinntekter | 34 973 | 28 641 | 29 558 |
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 669 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 712 | ||
Sum kap. 4146 | 36 353 | 28 641 | 29 558 |
Post 02 Driftsinntekter
Det er under kap. 4146 m.a. budsjettert med inntekter frå NIJOS si oppdragsverksemd. Nokre av NIJOS sine produkt blir delfinansiert frå brukarane, til dømes vegetasjonskartlegging. Når NIJOS tek oppdrag i marknaden skal forholda kring dette vere opne og vilkåra for konkurranse skal vere så like som mogleg dei som gjeld for andre aktørar.
Regjeringa meiner at NIJOS og Skogforsk bør slåast saman for å etablere ein ny statleg institusjon for arealressursar; skog, jord, utmark og landskap. Ein legg derfor opptil at inntektskapitlet blir avvikla frå 01.07.2006, sidan den nye institusjonen blir nettobudsjettert. Departementet vil kome tilbake til dette i revidert nasjonalbudsjett for 2006.
Kap. 1147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 4147)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Driftsutgifter | 36 868 | 37 104 | 36 233 |
45 | Store utstyrskjøp og vedlikehald , kan overførast | 3 317 | 3 232 | 2 821 |
70 | Tilskott til fjellstover | 663 | 659 | 680 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark , kan overførast | 4 298 | 11 502 | 11 870 |
Sum kap. 1147 | 45 146 | 52 497 | 51 604 |
Mål og strategiar
Innleiing
Reindriftsforvaltninga er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale reindriftspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for departementet. Reindriftsforvaltninga har ei sentral rolle i samband med gjennomføringa av reindriftspolitikken, og det er lagt opp til at forvaltninga i vesentleg grad òg skal ha ei rådgivande rolle. Reindriftsforvaltninga skal leggje til rette for at måla i reindriftspolitikken blir nådde. Reindriftsforvaltninga forvaltar reindriftslova og verkemidla under reindriftsavtalen. Reindriftsforvaltninga er òg sekretariat og utøvande organ for Reindriftsstyret og områdestyra.
I forhold til dei overordna reindriftspolitiske måla har departementet trekt opp seks resultatområde som Reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal på bakgrunn av m.a. grunnlagsdata om utviklinga i lavbeita, slaktevekter, klimatiske og driftsmessige forhold medverke til nødvendige tiltak som gir ein tilpassa reinbestand, samt kontrollere at rammene for bruk av beiteressursane blir haldne.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram arbeidet for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og sine rettar, samt arbeide for auka forståing av reindrifta sin bruk av areal og då særleg blant arealplanleggjarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare er det viktig å få gjort planleggjarane medvitne på sitt ansvar på alle nivå i forhold til den plikt desse òg har etter Grunnlova §110 a og folkeretten sine reglar om urfolk og minoritetar.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal medverke til utnytting og utvikling av reindrifta basert på prinsippet om ei berekraftig reindrift, under det etablering av tilleggsnæringar i samanheng med dei inntekts- og velferdspolitiske tiltaka retta mot reindrifta.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til ei effektiv og trygg forvaltning, eit enklare og betre regelverk for tilskottsordningane og betre forståinga av verkemidla sine innhald.
Samhandling - informasjon
Reindriftsforvaltninga skal vidareutvikle samarbeidet med andre offentlege institusjonar og då i særleg grad i forhold til miljøforvaltninga og Sametinget. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom Reindriftsforvaltninga og næringa sine representantar for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere omstillingsdyktig og føremålseffektiv og ha eit kostnadseffektivt rettleiings- og styringsapparat internt og overfor den enkelte reindriftsutøvar.
Resultatrapport 2004
Ressursforvaltning
Fastsetjing av ulike vilkår for reindrifta i Finnmark har teke vesentleg med ressursar og tid. Dette gjeld i særleg grad i forhold til oppfølging av Reindriftsstyret sitt vedtak om høgste talet på rein for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Prosjektkontoret har i 2004 hatt om lag 30 møte med ulike siidaer/distrikt der informasjon om vedtaket, økonomiske stimuleringstiltak og avviklingsordningar er blitt prioritert. Vidare er distrikta sitt arbeid med reduksjonsplanlegging/strategiar for eit redusert reintal drøfta. Det var ingen distrikt som gjekk inn på ein driftsavtale for reduksjon i 2004, men det blei løyst inn 11 driftseiningar i Finnmark.
Tilpassinga av reintalet i Finnmark har kravd ein aktiv offentleg innsats i samanheng med slakting og omsetning av reinkjøtt. Det blei hausten 2004 gjennomført eit seminar for å initiere til ein brei dialog mellom sentrale aktørar i heile verdikjeda, for å utvikle reinkjøtt til eit meir tilgjengeleg og marknadsretta produkt. For å sikre og styrkje omsetninga av reinkjøtt som eksklusivt høgprisprodukt, syntes deltakarane på seminaret å vere samde om at hovudutfordringa framover er marknadsorientering, logistikk og samarbeid. For å leggje til rette for eit større slakteuttak i slaktesesongen 2004/2005 blei det etablert eit eige slaktetilskott hausten 2004. Slaktetilskottet utgjorde 5 kroner pr. kg slakt og var relatert til dei som reduserte eller avvikla si reindrift i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Vidare blei det utført tre større marknadskampanjar for reinkjøtt i løpet av 2004. Dei nemnde tiltaka saman med fleire tiltak over reindriftsavtalen medførte eit auka slakteuttak frå om lag 50 000 rein i 2003 til om lag 76 000 rein i 2004.
Sjølv med eit auka slakteuttak har reinhjordverdien i Finnmark auka. Bakgrunnen for dette er at tilveksten har vore større enn både slakteuttaket og tapa. Det er gjort mogleg på grunn av gunstige klimatiske forhold dei siste beitesesongane. På den andre sida viser slaktedata ein klar vektreduksjon hausten 2004 for enkelte distrikt i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Dette skjer på trass av dei gunstige klimatiske tilhøva.
For å kontrollere reintalsutviklinga og ha eit grunnlagsmateriale for å fastsetje vilkår for dei enkelte distrikt og driftseiningar er det gjennomført offentlege teljingar av rein i 2004.
I forhold til fastsetjing av andre vilkår for reindrifta i Finnmark blei det fastsett grenser mellom dei tre flyttesystema i Vest-Finnmark. Vidare blir det trekt opp førebels distriktsgrenser i Polmak og Karasjok, samt arbeidd med ny organisering av distrikta på vestsida av Porsangerfjorden. Prosessen med å tilpasse talet på rein til beitegrunnlaget blir òg vidareført for Aust-Finnmark reinbeiteområde.
For å leggje til rette for alternative arbeidsplassar til reindrifta, arbeidast det med å etablere Reindriftas ressurssenter. Ansvaret for etableringa er overført frå Landbruks- og matdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet. Det er lagt opp til at senteret blir etablert hausten 2005.
Arealforvaltning
Inngrep og uro innanfor reinbeiteområdane har akselerert dei siste tiåra, og det er behov for å få ei betre sikring av reindrifta sine areal. Dette gjeld særleg dei areala som er avgjerande for ei berekraftig reindrift.
Reindriftsforvaltninga har eit ansvar for å ivareta reindrifta sine arealinteresser i den allmenne arealforvaltninga. Ein vesentleg del av ressursane ved forvaltninga går med til denne type saker. Reindriftsforvaltninga har arbeidd med å auke reindrifta sin innverknad gjennom dei verkemidla som styrer arealbruken. Ved endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken har ein gitt innspel, og ein har delteke i styrings- og referansegrupper med sikte på å få fram reindrifta sine interesser.
Som eit verkemiddel for å gjere reindrifta sitt behov for areal kjend har forvaltninga lagt ut på si internettside digitale arealbrukskart som syner reindrifta sin bruk av areala. Desse karta er eit viktig verkemiddel for kommunar og fylkeskommunar i samanheng med arealforvaltning, noko som ein auka bruk òg kan tyde på.
Dei siste åra har interessa for å etablere vindkraftverk auka. Mange av kraftverka er søkt lokalisert innanfor reinbeiteområda. Reindriftsforvaltninga har saman med NVE gitt ut rapporten Vindkraft og reindrift. Rapporten gir informasjon til vindkraftutbyggjarar, reineigarar og styresmaktene. I tillegg samanstiller rapporten all forsking om reindrift og vindmøller.
Reindriftsforvaltninga har medverka til at reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar. Til no er det i underkant av 70 pst. av reinbeitedistrikta som har fått stadfesta distriktsplanen av områdestyret. Vidare er det om lag 10 pst. av distrikta som enten har sendt planen ut på høyring eller kor planen er klar for stadfesting. Dei resterande planane er under utarbeiding.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Totalregnskapet for reindriftsnæringa for 2003/2004 syner at det er totalt 586 driftseiningar og av desse er det 95 av driftseiningane som har kvinneleg leiar. Det er eit mål å auke reindriftskvinnenes deltaking i reindrifta. I den samanheng er det sett i gang tiltak for å synleggjøre kvinna si rolle i reindrifta og i reindriftshushaldet. I 2004 blei det utarbeidd ein rapport som gir ei vurdering av tiltak for å utvikle ein fornya og meir målretta likestillingspolitikk i reindrifta. I rapporten er det gjeve ein oversikt over utviklinga av kvinna si rolle i reindrifta og kva haldningar som kan påverke kvinna sin posisjon i næringa. Vidare er det særleg sett søkjelys på problemstillingar i forhold til reindriftslova, ordningar i tilknyting til reindriftsavtalen og utfordringar i tilknyting til sentrale velferdsordningar. Det er òg gjort vurderingar når det gjeld rekruttering, den etablerte lærlingordninga, skatte- og avgiftsrettslege forhold, samt kjønnsrepresentasjon i styre og forvaltning.
Frå RUF er det overført 2 mill. kroner til Samisk utviklingsfond. Midlane er nytta til binæringar knytt til reindrift. I forhold til Verdiskapingsprogrammet for rein har Reindriftsforvaltninga arbeidd aktivt for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, SND og Reindriftsforvaltninga i gjennomføringa av programmet.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga har arbeidd med elektronisk tilrettelegging av meldingsskjemaet og søknader om tilskott/rovdyrerstatning og frå og med driftsåret 2004/2005 er det mogleg for reineigarane å fylle ut desse skjema elektronisk. Saksbehandlingsverktøyet som er i bruk ved behandling av tilskott og registrering av reindriftsmeldinga er blitt oppdatert. Det er utarbeidd rettleiingsmateriell og interne saksbehandlingssreglar.
Det er gjennomført teljing av rein både i Aust- og Vest-Finnmark, samt i deler av dei andre reindriftsområda. I dei tilfella kor det har vært større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar er det ratt i verk tiltak.
Ordninga med konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift er administrert av Innovasjon Noreg sitt kontor i Tromsø. Midlane har i hovudsak gått til konfliktførebyggjande gjerdetiltak fordelt på dei fleste reindriftsområda.
Samhandling - informasjon
Ein meir medviten bruk av informasjon som verkemiddel vil på mange område styrkje Reindriftsforvaltninga sine sjansar for måloppnåing. I 2004 er informasjon ofte brukt i samspel med andre verkemiddel for å oppnå ei større forståing for Reindriftsforvaltninga sine ansvarsområde. Gjennom ein direkte og aktiv informasjonsstrategi ønskjer forvaltninga å skape tillit og forståing i næringa, noko som er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift.
Gjennom kontaktmøte har forvaltninga informert om reindrift både på politisk og administrativt plan. Særleg har det vore stor aktivitet innan områda arealplanlegging vedrørande den auka satsinga på vindkraft som energikjelde.
Reindriftsnytt er utgjeve i 4 nummer i 2004. Magasinet har om lag 1 400 abonnentar og vender seg til reindriftsutøvarar og forvaltning i og rundt reindriftsnæringa. Ein del av artiklane er oversette til samisk.
Reindriftsforvaltninga lanserte i januar 2004 ei ny internettside. Her er det mykje informasjon om reindrift, både på norsk og nordsamisk. Ei av dei nye tenestene på nett er reinmerkeregisteret.
Reindriftsforvaltninga utarbeider og gir ut Ressursregnskapet og Totalregnskapet i tillegg til Reindriftsnytt. Ressursregnskapet er forvaltninga sin årlige rapport om ressurssituasjonen i næringa. Totalregnskapet for reindriftsnæringa viser kva for verdiar som blir skapt i næringa samla sett ved bruk av produksjonsfaktorane arbeid og kapital.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga har i 2004 utarbeidd ein ny intern økonomi instruks. Vidare har forvaltninga inngått avtale om bruk av rådgjevingstenester frå Senter for statlig økonomistyring. Det er gjort ein gjennomgang av innkjøpsrutinane ved forvaltninga, samt gjennomført kurs for dei tilsette i forhold til regelverket om offentlege innkjøp.
Budsjettframlegg 2006
Budsjettframlegget nedanfor er retta inn mot dei seks resultatområda som reindriftsforvaltninga arbeider etter.
Ressursforvaltning
Departementet ser med stor uro på det høge reintalet som enno er i delar av Finnmark. Slaktedata frå sesongen 2004/2005 viser klare vektreduksjonar for enkelte distrikt i Vest-Finnmark reinbeiteområde, samtidig viser kalveprosenten våren 2005 ein markert nedgang for fleire distrikt. Dette skjer på tross av dei gunstige klimatiske forholda dei siste driftsåra. Reinen sin reduserte kondisjon kombinert med eit auka reintal gir grunn til å frykte monalege tap ved ugunstige klimatiske forhold. Eit anna moment i den samanheng er at slakteria ikkje ønskjer å ta i mot rein i dårleg kondisjon. Dette forsterkar presset på beita og risikoen for auka tap. Vidare skapar rein i dårleg kondisjon utfordringar omkring å profilere rein som eit naturprodukt av høg kvalitet. Departementet ser det som avgjerande viktig at arbeidet med å bringe reintalet i balanse med beiteressursane held fram.
Dei frivillige økonomiske stimuleringstiltaka som blei etablerte i samband med oppfølginga av Reindriftstyret sitt vedtak om eit øvre reintal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde, er no avslutta. Våren 2005 viste resultatet ein differanse på om lag 26 000 rein i forhold til det fastsette. Departementet vurderer situasjonen slik at ein vidare reduksjon i reintal gjennom økonomiske stimuleringstiltak aleine, må no i all hovudsak reknast som uttømt. Den vidare oppfølginga må ta sitt utgangspunkt i juridiske verkemidlar. I den samanheng skal forvaltninga vere aktiv i forhold til å gjennomføre og følgje opp gjeldande regelverk, samt vere ein pådrivar i forhold til endring av lover og forskrifter som styrer ressurssituasjonen.
I september 2004 la Riksrevisjonen fram Dokument nr. 3:12 (2003-2004) Riksrevisjonens undersøking av bærekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark. I dokumentet påpeiker Riksrevisjonen at det ikkje føreligg vilkår for utøvinga av reindrift i Finnmark slik som følgjer av reindriftslova. Vidare viser Riksrevisjonen til behovet for ein overordna strategi for å få fastsett dei nødvendige vilkåra. Desse forholda blir òg påpeika av Næringskomiteen i deira behandling av Reindriftsavtalen 2005/2006, jf. Innst. S. Nr. 226 (2004-2005).
Det er fleire grunnar til at vilkåra er mangelfulle. Dels heng det saman med at prosessane for å få fastsett vilkåra er ressurskrevjande og ofte kontroversielle.
Dei ulike vilkåra er ein del av ein større samanheng. Beitekapasitet avheng til dømes av beitetider, beitebruk og grenser. Vidare vil grensene vere av relevans for forvaltningsstrukturen. Ut frå dette vil ein samla behandling av alle vilkåra ideelt vere det mest føremålstenelege. På den andre sida kan ei slik behandling føre til ein svært uoversiktleg prosess. Av den grunn har departementet valt at forvaltninga skal gjere ei stegvis fastsetjing.
Retningslinjer for fastsetjing av vilkår er behandla av Reindriftstyret. Vidare har forvaltninga utarbeidd ein treårig plan for fastsetjing av manglande vilkår med hovudvekt på Finnmark. Dette gjeld til dømes siidainndeling i Finnmark, fastsetjing av nye distrikts- og sonegrenser, fastsetjing av beitetider, samt oppfølging og fastsetjing av øvre reintal. Utover ein fastsetjing og ei oppfølging av eit øvre reintal i Finnmark skal forvaltninga prioritere arbeidet med å gjennomføre den treårige planen. I den samanheng bør særskilt nemnast siidainndelinga i Finnmark. Ei fastsetjing av beitegrenser og bruksmønsteret på siidanivå for fellesbeite i Finnmark er ei oppfølging av næringskomiteen si innstilling til Reindriftsavtalen 2005/2006.
For å ha påkravd kontroll med utviklinga i reindrifta skal forvaltninga innhente nødvendige grunnlagsdata om m.a. beitetilhøva og slaktevekter.
Arealforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal halde fram å etablere nettverk og alliansar til andre offentlege organ og gjere desse kjent med reindrifta sine behov for samanhengande areal, samt konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Vidare skal forvaltninga arbeide for å få dokumentert reindrifta sin arealbruk og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Reindriftsforvaltninga skal vere ein aktiv pådrivar i forhold til endringar av lover og forskrifter som styrer arealbruken. Vidare skal forvaltninga satse på auka kompetanse til det gjeldande regelverket mellom eigne tilsette, representantar i reindrifta sine styringsorgan og hos reindriftsutøvarane.
Reindriftsforvaltninga skal arbeide vidare med å få verdiklassifisert reindrifta sine areal for alle reindriftsområda, samt medverke til at resten av reinbeitedistrikta utarbeider eigne distriktsplanar.
I samband med at det er etablert ein metode for konfliktvurdering av særskilte område ved vindkraftutbygging, skal Reindriftsforvaltninga fortløpande utarbeide ei tematisk konfliktvurdering for reindrift av meldte og omsøkte vindkraftprosjekt.
Reindriftsforvaltninga skal betre dei eksisterande reindriftskarta og gjere desse kjende for aktuelle brukarar. I dette arbeide skal forvaltninga vidareutvikle samarbeidet med NIJOS.
Reindriftsbasert næringsutvikling
Reindriftsforvaltninga skal vere ein bidragsytar for auka verdiskaping i reindrifta. I samband med næringa sine organ og andre aktørar skal forvaltninga medverke til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein føremålstenleg måte som gir størst effekt og verdiskaping. I samband med dette skal forvaltninga i nært samarbeid med Innovasjon Noreg arbeide for at verkemidla frå høvesvis Reindrifta sitt utviklingsfond og Verdiskapingsprogrammet for reindrift blir sett i samanheng slik at den samla effekten blir størst mogleg. Vidare skal forvaltninga arbeide for å leggje til rette for ei positiv samhandling mellom reindriftsnæringa, Innovasjon Noreg og eiga forvaltning i gjennomføringa av verdiskapingsprogrammet.
Reindriftsforvaltninga skal arbeide aktivt for å synliggjere behovet for og leggje til rette for å styrkje kvinners stilling reindrifta. Dei etablerte kvinnenettverka er sentrale i dette arbeidet. Vidare er det sentralt at arbeidet med verdiskaping i reindrifta blir sett i samanheng med satsinga på dei kvinneretta tiltaka. I tillegg skal Reindriftsforvaltninga vidareutvikle arbeidet med å vurdere effektane i eit likestillingsperspektiv av nye og gamle tiltak og samtidig arbeidet med haldningane rundt kvinner i reindrifta. Eit særs viktig forhold i likestillinga er rekruttering til næringa.
Tilskottsforvaltning
Reindriftsforvaltninga skal medverke til at tilskottsordningar blir forvalta effektivt og trygt, samt blir nytta systematisk for å oppnå ei større verdiskaping gjennom eit enklare og betre regelverk. Rettleiingsmateriellet skal gjerast kjent både på norsk og nordsamisk. Reindriftsforvaltninga skal sørgje for å føre vidare arbeidet med å leggje til rette for elektroniske sjølvbetjeningsløysingar i forvaltning, systemutvikling og gi innspel til forenklingar i dei økonomiske verkemidla over reindriftsavtalen. Vidare skal forvaltninga arbeide for å sikre rask og lik behandling av dei enkelte utøvarane i dei ulike reinbeiteområda. Som ein del av kontrollarbeidet skal forvaltninga halde fram med å telje rein i dei ulike reinbeiteområda og då prioritere reinbeiteområda i Finnmark. Ved større avvik mellom teljing og utøvarane sine eigne rapporteringar skal det setjast inn tiltak.
Reindriftsforvaltninga skal delta aktivt i arbeidet med å utvikle konfliktførebyggjande tiltak i forhold til andre næringsinteresser. Ein må til dømes sørgje for at konfliktane blir reduserte mest mogleg gjennom vilkår og rettleiing i dei tilfella der gjerdebygging og bruk av motoriserte hjelpemiddel er påkravd.
Samhandling - rettleiing og informasjon
Reindriftsforvaltninga må drive aktiv informasjonsverksemd om sine ansvarsområde overfor eit større publikum og formidle informasjon om utviklinga i reindrifta og dei sentrale verdiane som reindrifta tatt vare på.
Dokumentasjon av reindrifta sin arealbruk og sine rettar er avgjerande for næringa si framtid. Nettverk og alliansar til andre offentlege organ skal gjerast kjende og auke aksepten for reindrifta sitt nærvær. Vidare er det stilt krav om nær kontakt mellom næringa sine representantar og Reindriftsforvaltninga for å opparbeide tillit og forståing for samarbeid som avgjerande grunnlag for å nå målet om ei berekraftig utvikling.
Internadministrasjon
Reindriftsforvaltninga skal vere ei verksemd som utnyttar sine ressursar på ein effektiv måte og som gjennom forvaltning og rådgjeving sikrar brukarane effektive tenester. Vidare skal forvaltninga bruke Riksrevisjonen si undersøking av berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark til forbetring av forvaltninga si bruk av verkemiddel og utføring av arbeidsoppgåver.
Reindriftsforvaltninga skal vidareføre innsatsen mot utvikling av personal- og lønnspolitikk, kompetanseoppbygging, organisasjonsutvikling, økonomistyring, leiarutvikling, einsarta forvaltning, interne driftsoppgåver samt IKT. I forhold til kompetanseoppbygging skal forvaltninga særleg prioritere opplæring av dei tilsette i samisk språk
Post 01 Driftsutgifter
Ein gjer framlegg om ei løyving på om lag 36,2 mill. kroner. Posten skal dekkje Reindriftsforvaltninga sine driftsutgifter. Ordninga med kvinne- og familieretta tiltak i reindriftsnæringa blir ført vidare. I samanheng med det etablerte fag- og formidlingssenteret i Kautokeino blir det avsett ei øyremerka løyving på 760 000 kroner til drift av senteret. Senteret skal finansierast med like delar frå Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Utanriksdepartementet. Posten er redusert med 1,486 mill. kroner i samband med at det i 2006 blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan, jf. omtale i innleiinga.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskotering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald
Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,8 mill. kroner til vedlikehald av konvensjonsgjerda. Posten er redusert med 0,472 mill. kroner i samband med at det i 2006 blir innført ei nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift for statlege forvaltningsorgan, jf. omtale i innleiinga.
I samanheng med Stortinget sin behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2003 ble det gitt ei løyving på 4,4 mill. kroner for å dekkje staten sine utgifter ved ein reinbeiteavtale med grunneigarar nord og nordvest for Aursunden i Røros kommune. Utgiftene er i hovudsak knytt til oppføring av reingjerder. Gjerdene er ennå ikkje oppført grunna manglande semje med enkelte grunneigarar og Røros kommune sitt vedtak i saka, kor kommunestyret ikkje gav departementet løyve til oppføring av eit gjerde nord for Aursunden. Arbeidet vil bli vidareført i 2006.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Føremålet med tilskottet er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng til m.a. reingjetarane. Ein har i dag tre statseigde fjellstover og i tillegg kontrakt med fire private om fjellstovehald. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Reindriftsforvaltninga. Fjellstovene har plikt til å holde oppe heile året. Tilskottet er rekna ut på grunnlag av eit halvt årsverk som kompensasjon for heilårlig drift. Den andre halvårsinntekta må oppsittaren skaffe seg gjennom drifta. Proconor Bedriftsutviklingsselskap har laga ein rapport om den framtidige drifta av fjellstovene. Dei konkluderte med at det er behov for auka aktivitet dersom målet skal vera ein tilfredsstillande inntekt av fjellstovehald. Inntektsmoglegheitene ligg i reiselivsnæringa og lokalt friluftsliv. I den samanheng har fleire av fjellstovene i Finnmark, både private og statlege, gått inn i eit samarbeid, og det er skipa ei form for nettverksforeining som skal fremme utvikling av fjellstovene.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 680 000 kroner i 2006.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Ein gjer framlegg om ei løyving på 9 mill. kroner i samband med oppfølging av Reindriftsstyret sitt vedtak om høgste reintal for sommarbeitedistrikta i Vest-Finnmark reinbeiteområde, samt å leggje til rette for å få prioritert arbeidet med fastsetjing av resterande vilkår i Finnmark. Ei fastsetjing av vilkår er nødvendig for å få ei effektiv oppfølging av juridiske verkemiddel og der igjennom eit reintal i balanse med beiteressursen. I den samanheng er det òg påkravd med auka aktivitet hos reindrifta sine styringsorgan, samt behov for ei aktiv informasjonsverksemd.
I ein situasjon der ein ikkje har fått fastsett nødvendige vilkår i Finnmark og eit effektivt regelverk for oppfylging av vilkåra, er det sentralt at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetning av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sett i verk vil vere avhengig av m.a. den til ein kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.
Som ein del av kontrollarbeidet og oppfølginga av det fastsette øvre reintalet i Vest-Finnmark reinbeiteområde, skal forvaltninga utføre teljing av rein. Teljinga av rein for Vest-Finnmark reinbeiteområde blir løyvd over denne posten.
I tillegg til arbeidet med oppfølging av øvre reintal i Finnmark og fastsetjing av resterande vilkår, skal posten dekkje utgiftene til forlenga omstillingslønn. Det har vist seg svært vanskeleg å få omstillarar over 55 år over i anna arbeid. For denne gruppa var det ikkje sett krav om aktiv omstilling. For å medverke til å gi denne gruppa ei verdig avslutning på arbeidslivet, og for å hindre at dei tek opp att reindrifta, vil dei kunne søkje om forlenga omstillingslønn fram til den til ei kvar tid gjeldande ordinære pensjonsalder etter folketrygdlovgjevinga. Føresetnaden for å kome inn under ordninga er at vedkomande si driftseining blir avvikla. Ordninga vert finansiert innanfor løyvinga til omstillingstiltak. For å dekkje behovet for omstillingslønn i 2006 gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 2,8 mill. kroner.
Samla gjer ein framlegg om ei løyving på om lag 11,8 mill. kroner under posten i 2006.
Kap. 4147 Reindriftsforvaltninga (jf. kap. 1147)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
01 | Refusjonar m.m. | 358 | 30 | 31 |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 5 | ||
16 | Refusjon, fødselspengar/adopsjonspengar | 19 | ||
18 | Refusjon sjukepengar | 404 | ||
Sum kap. 4147 | 786 | 30 | 31 |
Kap. 1148 Naturskade - erstatningar og sikring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott til sikringstiltak m.m. , kan overførast | 8 150 | 8 089 | 23 348 |
71 | Naturskade, erstatningar , overslagsløyving | 75 829 | 60 000 | 60 000 |
Sum kap. 1148 | 83 979 | 68 089 | 83 348 |
Mål og strategiar
Statens naturskadeordning gir erstatning for naturskadar som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning. Statens naturskadeordning skal òg fremme sikring mot naturskadar m.a. gjennom å gi tilskott til sikringstiltak og farevurdering og ved samhandling med andre aktørar innanfor sikringsområdet. Det skal prioriterast å gi tilskott til kommunar med spesielt vanskeleg økonomi og stort sikringsbehov.
Det er fleire aktørar og styresmakter som har eit ansvar for beredskap i samband med ulike typar ras og skred. Ansvarsforholda er klarlagt i tråd med ansvarsprinsippet. Kommunar har ansvar for sikring mot naturskadar gjennom naturskadelova og plan- og bygningslova, og kan søkje om tilskott til kartlegging av fareområde ved skred, inkludert store fjellskred. Noregs geologiske undersøking (NGU) skal halde vedlike og utvikle vidare skreddatabasen www.skrednett.no og halde fram arbeidet med oversiktskartlegging knytt til leirskred, snøskred og fjellskred. Direktoratet for samfunnssikring og beredskap legg til rette for og stimulerer nasjonal, regional og kommunal beredskapsplanlegging, og deltek i samarbeid med fleire andre verksemder i utviklinga av NGUs skreddatabase. Dei aktuelle departementa vil samarbeide om behov for eventuelle vidare vurderingar i denne samanhengen.
Når det gjeld store fjellskred signaliserte departementet i St.prp. nr. 1 (2004-2005) at ein saman med andre aktuelle departement vil vurdere det vidare arbeidet innanfor overvaking/varsling av fjellskredutsette område. Departementet har sett ned ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som skal skaffe fram nødvendig grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av behovet for statleg engasjement på dette området. Utgifter til dette arbeidet vil bli dekt over post 70. Departementet vil kome tilbake til saka seinare.
Statens naturskadeordning er organisert med eit styre, ei ankenemnd og eit sekretariat. Statens landbruksforvaltning (SLF) er sekretariat for styret. SLF førebur sakene for styret og ankenemnda og gjer etterarbeidet som følgjer av vedtaka i styret og ankenemnda. SLF har òg det administrative ansvaret for ordninga. Styret og SLF skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar og søknader om tilskott til sikringstiltak får ei rask og forsvarleg behandling. SLF skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.
Post 70 Tilskott til sikringstiltak m.m.
Resultatrapport 2004
Det kom i 2004 inn ni søknader om tilskott til sikringstiltak med eit samla kostnadsoverslag på om lag 18,9 mill. kroner. Det blei gitt tilsegn om tilskott til to tiltak. Skaun kommune fekk tilsegn om 5 mill. kroner i tilskott til sikringstiltak mot leirskred i Buvika, medan Stranda kommune fekk tilsegn om 3 mill. kroner i tilskott til utgreiing av risiko for fjellskred og etablering av sårbarheitsreduserande tiltak med utgangspunkt i Åkneset. Tilsegnene om tilskott dekte i gjennomsnitt om lag 66 pst. av kostnadsoverslaga. Det blei òg gitt tilskott til vidareføring av eit FoU-prosjekt for kartlegging av og informasjon om risiko for store fjellskred og til arbeidet med nasjonal skreddatabase.
Budsjettframlegg 2006
Fleire kommunar har meldt frå at dei vil setje i gang større sikringsprosjekt for m.a. å sikre bustadfelt som er utsett for skred. Hausten 2004 gav styret for Statens naturskadefond tilsegn om 3 mill. kroner i tilskott til Åknes/Tafjord-prosjektet. Same haust blei det etablert eit interkommunalt samarbeid mellom Stranda kommune og Norddal kommune for å byggje opp beredskap mot fjellskred og flodbølgjer i indre Storfjorden. Tidlegare hendingar her til lands viser at flodbølgjer kan føre til store menneskelege tragediar. I Loen kravde fjellskreda i 1905 og 1936 til saman 135 menneskeliv, medan det i ei tilsvarande ulykke i Tafjord i 1934 omkom 41 menneske.
Ved fortløpande overvaking av sprekkar i fjellet vil det truleg vere mogleg å varsle folka som bur i dei aktuelle områda slik at ein kan unngå større katastrofar. Stranda kommune søkte Statens naturskadefond om 21,85 mill. kroner i tilskott til Åknes/Tafjordprosjektet for 2005. Departementet meiner det er viktig at arbeidet med etablering av system for overvaking/varsling kan førast vidare og viser til at det i samband med revidert nasjonalbudsjett 2005 blei vedteke å auke løyvinga til Åknes/Tafjordprosjektet med 21,5 mill. kroner. Prosjektet har meldt om eit ytterlegare investeringsbehov i 2006 og 2007 og deretter årlege driftsutgifter. Ein gjer derfor framlegg om å auke løyvingane under post 70 med 15 mill. kroner. Vidare gjer ein framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2006 på 2 mill. kroner, jf. tabell 2.11 og forslag til vedtak IV. Dette vil gjere det mogleg å gi nye tilsegn for 24,7 mill. kroner. Sikringsbehova vil prioriterast innanfor denne ramma. Utgifter til den tverrdepartementale arbeidsgruppa om store fjellskred vil også bli dekt over denne posten.
Tabell 2.11 Tilsegnsfullmakt sikringstiltak
(i mill. kr) | |
---|---|
Beløp | |
Ansvar pr. 01.01.2005 | 13,0 |
Tilsegn i 2005 | 29,6 |
Sum | 42,6 |
- (løyving 2005+overførte midlar) | 42,2 |
Ansvar pr. 31.12.2005 | 0,4 |
Forventa nye tilsegn i 2006 | 24,7 |
Sum | 25,1 |
Forslag til løyving i 2006 | 23,1 |
Tilsegnfullmakt i 2006 | 2,0 |
Post 71 Naturskadeerstatningar
Resultatrapport 2004
I 2004 blei det behandla 1 185 erstatningssaker med samla skadetakst på 89,3 mill. kroner. Samla utbetalingar var på 70,8 mill. kroner. Flom utgjorde største skadeårsak i 2004, med meir enn 70 pst. av totaltakst. Dette skuldast særleg flomhendingar i fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Buskerud.
Budsjettframlegg 2006
Løyvinga til naturskadeerstatningar er tilpassa år med gjennomsnittleg skadeomfang. Erstatningane blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Styret skal gi ei rask og forsvarleg behandling av krav om erstatning som er heimla i naturskadelova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av rapportar om økonomi og saksbehandling og i styringsdialogen.
Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning etter lova. Posten dekkjer erstatningar i samsvar med lova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til taksering, m.a. av skadar, samt nødvendige utgifter til ekstrahjelp og utvikling av IKT-system for verksemda.
Styret kan totalt gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som medverkar til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som nyttast på naturskadeområdet.
Etter naturskadelova kan det setjast som vilkår for utbetaling av erstatning, at skaden blir utbetra på ein slik måte at faren for naturskade minkar. Dette gjeld både utbetringar på skadeobjektet og gjennomføring av mindre sikringstiltak som er knytt til skadeutbetringa. For slike sikringstiltak kan ein òg over denne posten gi tilskott på maksimalt 25 000 kroner pr. sak til den skadelidne til dekning av desse meirkostnadene. Løyvinga på post 71 skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Ut frå dette gjer ein framlegg om ei løyving på 60 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 27 mill. kroner, jf. tabell 2.12og forslag til vedtak IV.
Ved behandlinga av Ot.prp. nr. 19 (2004-2005) Om lov om endringer i lov 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadeloven) og lov 16. juni 1989 nr. 70 om naturskadeforsikring vedtok Stortinget visse justeringer av grensene mellom statens naturskadeordning og alminneleg forsikring. Endringane som blei gjort gjeldande frå og med 01.01.2005 inneber at ansvaret for stormskadar på skog som hovudregel er ført over frå statens naturskadeordning til alminneleg forsikring. Det er likevel slik at statens naturskadeordning skal tre inn når samla skadeomfanget for ei enkelt skadehending kjem over eit øvre tak på 200 mill. kroner. Dette taket skal vurderast i forhold til den relative del av forsikra areal av totalt skogareal på landsbasis. Forsikringsselskapa erstattar skadar på areal som var forsikra opp til dette relative taket, medan statens naturskadeordning deretter erstattar overskytande skadar for dei skogeigarane som var forsikra ved den aktuelle skadehendinga.
Vidare er ansvaret for naturskade på hagar, hageanlegg og gardsplassar med eit areal opp til fem daa og skadar på tilførsleveg som ligg innanfor dette arealet ført over til alminneleg forsikring.
Departementet signaliserte i St.prp. nr. 1 (2004-2005) at det vil setje i gang arbeidet med ein breiare gjennomgang av naturskadeordninga. Departementet har gitt Statens landbruksforvaltning i oppdrag å gjere arbeidet med sikte på ei ytterlegare målretting og effektivisering av ordninga. Utgifter til eksterne utgreiingar skal dekkjast over post 71. Departementet vil kome tilbake til saka seinare.
Tabell 2.12 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar
(i mill. kr) | |
---|---|
Beløp | |
Ansvar pr. 01.01.2005 | 30,0 |
Tilsegn i 2005 | 63,0 |
Sum | 93,0 |
-(prognose erstatningsutbetalingar 2005) | 65,0 |
Ansvar pr. 31.12.2005 | 28,0 |
FoU-tilskott, takseringskostnader mv. | 6,0 |
Forventa nye tilsegn i 2006 | 53,0 |
Sum | 87,0 |
Forslag til løyving i 2006 | 60,0 |
Tilsegnsfullmakt i 2006 | 27,0 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 285 000 | 295 500 | 316 488 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 066 | 3 170 | 3 271 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket , kan overførast | 39 149 | 37 500 | 37 500 |
Sum kap. 1149 | 327 215 | 336 170 | 357 259 |
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)
Landbrukets utviklingsfond får løyvd midlar over jordbruksavtalen og utanfor denne. Fondet er renteberande og utgifter til administrasjon blir dekt over fondet. LUF hadde pr. 31.12.2004 ein eigenkapital på 2 386 mill. kroner. Av kapitalen var 883 mill. kroner inneståande i Noregs bank og 1 504 mill. kroner var lånt ut. For nærmare detaljar kring LUF blir det vist til St.prp. nr. 69 (2004-2005).
Løyvingane femner om ei rekkje nærings- og utviklingstiltak, m.a. verdiskapingsprogram, konkurransestrategiar og eigne tiltak innanfor skogbruk og bioenergi, jf. òg kap. 1150 for ei nærmare omtale av ordningar innanfor jordbruksavtalen.
Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2006 på 316,5 mill. kroner under kap. 1149, post 50. Tildelingsramma blir vidare fastsett ut frå denne løyvinga med tillegg av renter slik det går fram av oppsettet under:
(i mill. kr) | |
Løyvingsframlegg kap. 1149 post 50 | 316,5 |
Renteinntekter fordelt til kap. 11491 | 8,7 |
Framlegg om tildelingsramme | 325,2 |
1 Det er renteinntekter for 2005 som er lagt til grunn for tildelingsramma i 2006
Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma går fram av tabellen under.
Tabell 2.13 Oversikt over tildelingsramme for LUF utanfor jordbruksavtalen i 2004 og 2005 og framlegg om ramme for 2006
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Tiltak | 2004 | 2005 | 2006 |
Overføring til Samisk utviklingsfond (SUF) | 2,0 | 2,0 | 2,0 |
Verdiskapingsprogram for matproduksjon | 95,0 | 114,6 | 110,2 |
Konkurransestrategiar for norsk mat1 | 22,5 | ||
Sentrale bygdeutviklingsmidlar | 36,0 | 38,0 | 38,0 |
Bioenergi | 11,6 | 23,0 | 21,0 |
Skogbruk | 133,4 | 133,0 | 133,0 |
Oppfølging av Landbruk Pluss2 | 7,0 | ||
Mat, skole og helse3 | 5,0 | ||
Innlandet 2010 | 20,0 | ||
Etablering av Jordskiftesenter | 1,0 | ||
Sum tildelingsramme utanfor jordbruksavtalen | 307,5 | 315,6 | 325,2 |
1 Konkurransestrategiar for norsk mat blei i budsjettet for 2005 slått saman med løyvinga til Verdiskapingsprogram for matproduksjon
2 Oppfølging av Landbruk Pluss blei i budsjettet for 2005 slått saman med løyvinga til Sentrale bygdeutviklingsmidlar
3 Inngår som ein del av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i 2006
Resultatrapport 2004
Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein nasjonal strategi for næringsutvikling; Landbruk - meir enn landbruk. Strategien er ein samla og offensiv plan for å vidareutvikle norsk landbruk og dei enkelte verdikjedene som er basert på landbruksproduksjon. Det viktigaste målet er å oppnå auka lønnsemd med utgangspunkt i ressursane til landbruket og å styrkje og utvikle primærproduksjonen og auke merksemda mot heile verdikjeda. Strategien omfattar alle LUF midlar, både innanfor og utanfor jordbruksavtalen.
I alle fylke er det i tillegg utarbeidd regionale strategiar for landbruksrelatert næringsutvikling. Strategiane er utarbeidd gjennom samarbeid mellom aktørane i det regionale partnarskapet. Dei regionale strategiane skal m.a. leggje grunnlaget for forvaltninga av dei fylkesvise BU- midlane.
Det er oppretta eit Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling og Innovasjon Noreg har etablert faglege møtearenaer med brei representasjon frå sentrale faglege aktørar.
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon
Det blei løyvd 94,2 mill. kroner i stønad til satsingar innan bedriftsutvikling, kompetanseutvikling og mobiliseringstiltak (0,8 mill. kroner blei overført til 2005). Det har vore ei sterkare vektlegging på nyskaping og kommersialisering og noko mindre satsing på kompetanse og mobilisering i 2004 samanlikna med tidlegare år. 72 pst. av midlane gjekk til nyskaping, medan det i gjennomsnitt for dei to første åra utgjorde i underkant av 60 pst.
I 2004 har vel 38 pst. av midlane gått til primærprodusentane, 26 pst. til gardsmatprodusentar, nesten 30 pst. til næringsmiddelindustrien og vel 3 pst. til andre. I prosjekta knytt til programmet blir det forventa at om lag 2000 primærprodusentar vil bli positivt råka av tiltaka som er finansiert. Dette syner at interessa blant norske bønder til å ville utvikle næringsverksemda på eigen gard er høg.
I 2004 blei det løyvd 11,5 mill. kroner til Matmerk. I dette ligg m.a. stønad til Merkeordninga Beskytta nemningar som blir forvalta av Matmerk. Merkeordninga har som mål å utvikle regional og lokal matproduksjon, samt møte forbrukarane sine ønskjer om kvalitetsprodukt. I 2004 fekk Noreg dei to første produkta med Beskytta nemningar. Økologisk tjukkmjølk frå Røros fekk merket Beskytta geografisk nemning og Ringerikserter fekk merket Beskytta opphavsnemning. Status pr. 31.05.05 var to godkjente produkt, åtte søknadar er til sluttbehandling i Mattilsynet eller på høyring og seks søknadar er til saksbehandling i Matmerk.
Senter for produktinnovasjon i Noreg (SPIN), som m.a. hadde eit ansvar for ordninga Marknadsretta produktutvikling, blei avvikla i 2004. Sidan det er gjort gode erfaringar med ordninga Marknadsretta produktutvikling som har hatt som formål å styrkje næringsmiddelindustrien si konkurransekraft ved å auke kompetanse om produktutvikling og marknadsorientering, har Innovasjon Noreg vidareført ordninga innanfor Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon.
Offentlege strategiar
Gjennom offentlege strategiar under LUF blei det satsa på profilerande, salsfremmande og bedriftsetablerande tiltak for norsk mat nasjonalt og internasjonalt. I 2004 blei det arbeida med satsingar som omfattar presentasjon av norsk mat og matbedrifter på Internationale Grüne Woche i Berlin samarbeidsprosjektet med Utanriksdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet om mat som Noregprofilering ved statsbesøk ute og heime og ved eksportfremmande tiltak. Vidare blei det gitt delfinansiering til eit samarbeidsprosjekt med RBL (Reiselivsbedriftenes landsforening) om reiseliv som salskanal for lokal mat (pilot Oppland) og til et samarbeidsprosjekt med DNT (Den norske turistforening) om sal av lokal mat på Turistforeininga sine hytter. Midlane blir òg nytta til samarbeidet med Norges Kokkemesteres Landsforeining og Norsk kulturråd om eit stipend til Unge kokkar. For andre profileringsaktivitetar har ein flytta fokus noko, frå barn og barnehagar og til vidaregåande skole. Den norske matfestivalen i Ålesund blir til dømes støtta i eit samarbeid med stiftinga Ungt entreprenørskap, der ein presenterar mat og matkultur som grunnlag for å etablere ungdomsbedrifter. Dette er basert på ei vidareutvikling av samarbeidet med Ungt Entreprenørskap til å omfatte alle fylke og der Fylkesmannens landbruksavdeling tek del i samarbeidet. Her er det etablering av ungdomsbedrifter i regi av vidaregåande skolar og kåring av årets beste ungdomsbedrift på matområdet som er hovudaktivitetane.
Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (inkl. Landbruk Pluss)
Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) blir nytta til prosjektretta verksemd og tiltak av landsomfattande karakter innanfor områda reiseliv, likestilling og nasjonale utviklingsprosjekt.
Det blei nytta 18 mill. kroner til Marknadsføringssamarbeidet og Noregssatsinga reiseliv. Desse to satsingane utgjer hovuddelen i departementet si satsing på landbruksbasert reiseliv. Formålet med dette er å byggje opp under den natur- og kulturbaserte reiselivsnæringa og leggje til rette for auka lønnsemd i småskala reiselivsverksemder knytt til landbruket.
Det blei nytta 8 mill. kroner til ulike prosjekt knytt til utmark. Midlane blei m.a. nytta til regionale utmarksprosjekt, nasjonalt program for næringsmessig utnytting av ferskvassfisk, kreps og ål og utmarksbasert resielivsutvikling.
Det blei nytta 1,5 mill. kroner til to pilotfylke (Nord-Trøndelag og Rogaland) innan likestilling. Prosjektet blei avslutta hausten 2004 og resultat/erfaringar frå prøveperioden er samla i to rapportar oversendt Landbruks- og matdepartementet i september 2004.
Det var nytta 1,5 mill. kroner til forskingsprosjekt korn. Prosjektet skal klargjere moglegheitene for å ta i bruk meir eigenproduserte, proteinrike kraftfôrråvarer til husdyr. Prosjektperioden er frå 2002 til 2006.
Det blei gitt 1,5 mill. kroner i støtte til dei to organisasjonane Norsk Bygdeturisme og Norsk Gardsmat. Dei blei i 2004 slått saman til ein organisasjon med det nye namnet Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Organisasjonen arbeider for å ta vare på interessene til småskala- og temabaserte reiselivsbedrifter og bedrifter som produserar og sel eigenproduserte matvarer.
Det blei nytta 1,5 mill. kroner til prosjektet landbruksbygg i arktiske strøk. Prosjektet har som mål å utvikle betre og billigare bygningar for mjølkeproduksjon. Prosjektperioden er frå 2002 til 2007.
4 mill. kroner blei stilt til disposisjon for utviklingsprosjekt gjennom SND (Innovasjon Noreg). Desse midlane blei nytta m.a. til rettleiingsprosjekt, scenarioprosjekt og temaprosjekt.
7 mill. kroner blei nytta til Landbruk Pluss, arbeidet med modernisering av landbrukspolitikken samt 100-årsmarkeringa 1905-2005.
Gjennom Landbruk Pluss er det sett i gang fleire pilotprosjekt i kommunar og fylke. Målet med desse prosjekta er å utvikle metodikk og verktøy for å styrkje arbeidet med næringsutvikling, busetting og arealforvaltning. Prosjekta byggjer opp under arbeidet med å styrkje kommunane som aktørar i landbrukspolitikken, noko m.a. ei følgjeevaluering gjort av Senter for bygdeforsking viser.
Bioenergi
Bioenergiprogrammet som blei etablert i 2003 har som mål å fremme produksjon av biobrensel og verdikjeder basert på råstoff frå landbruket og leveranse av ferdigvarme frå aktørar i landbruket. Interessa for bioenergi frå næringa si side er sterkt stigande. Det er registrert ein stor auke i talet på søknader om prosjektmidlar og dernest ei dreiing i søknadene frå forprosjekt og konsulenthjelp til søknader om investeringsstønad til varmeanlegg. Det inneber at satsinga byrjar å gi konkrete resultat i form av arbeidsplassar i landbruket og varmeproduksjon i form av kilowatt. Av ei totalramme, inkl. overføringar frå 2003 på 20,6 mill. kroner i 2004, blei det løyvd midlar til 63 prosjekt med eit samla beløp på 18,6 mill. kroner. Dette er ein monaleg auke i forhold til 2003. I 2004 blei det tildelt like mykje midlar til varmeanlegg som til brenselproduksjon, noko som er ei ønskt utvikling med basis i måla for programmet. Vidare gjekk om lag 10 pst. av midlane til kompetansetiltak og utgreiing. Hausten 2004 blei målområdet for programmet utvida til å omfatte gardsanlegg, pilotprosjekt for flisproduksjon og biodrivstoff. Det er løyvd midlar til fire pilotanlegg for flisproduksjon med ei ramme på 7,7 mill. kroner og til eit forprosjekt om biodrivstoff. Elles har ordninga med å gi eit avgrensa beløp til konsulenthjelp vore effektiv med omsyn til å få fram mange og gode prosjekt.
Skogbruk
Midlane til skogbrukstiltak utgjorde 133,4 mill. kroner. Saman med 15,7 mill. kroner av tidlegare ubrukte midlar blei det fordelt 95 mill. kroner til tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, 33,5 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, om lag 16 mill. kroner til landsdekkjande tiltak som kurs, opplæring o.a. og 4,6 mill. kroner til andre tiltak.
Forvaltninga av midlane til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blei i 2004 overført til kommunane og blir forvalta saman med midlar til ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) over jordbruksavtalen.
Gjennom ordninga for nærings- og miljøtiltak i skogbruket blei det i 2004 løyvd tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog, drift med taubane og hest og ulike andre tiltak i skogbruket. Det blei løyvd 35,5 mill. kroner i tilskott til skogkulturtiltak. Inkludert tilskott blei det totalt investert 160 mill. kroner i skogkulturtiltak. Dette var ein auke på 43 pst. i forhold til 2003. Det blei ikkje gitt tilskott til planting i 2004, men rapportering syner at det blei planta til eit areal på 116 000 daa og utført ungskogpleie på 260 000 daa. Resultatkontrollen for foryngingsfelt i 2004 syner at vel 21 pst. av foryngingsarealet ikkje var lagt til rette for forynging to år etter hogst. Vidare syner kontrollen at skogbruket tek gode miljøomsyn ved til dømes gjensetting av kantsoner og oppretting av kjøreskadar.
Det blei i 2004 løyvd 39,5 mill. kroner i tilskott til bygging av nye og ombygging av eksisterande skogsvegar. Ferdigstilte vegprosjekt representerte investeringar på totalt 123 mill. kroner inkludert tilskott. Modernisering av gamle vegar utgjorde hovudaktiviteten på skogsvegsida og totalt blei det ombygd 300 km bilvegar, ein nedgang på 27 pst. I tillegg blei det bygd 93 km nye bilvegar og 305 km traktorvegar, reduksjonar på høvesvis 28 pst. og 20 pst.
Det blei i 2004 løyvd om lag 4 mill. kroner til drift med taubane og hest, 10 mill. kroner i tilskott til miljøomsyn i skogbruket og 6 mill. kroner til andre tiltak.
Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar blei gjennomført i tråd med planane for 2004. Det blei løyvd 33,5 mill. kroner i tilskott, og det blei taksert om lag 5,3 mill. daa og utarbeidd planar for 4,5 mill. daa. I tillegg har satsinga på miljøregistreringar ført til at nyare skogbruksplanar er supplerte med miljøregistreringar. Samla sett blei det gjennomført miljøregistreringar på 8,4 mill. daa i 2004. Aktiviteten i 2004 har vore relativt høg fordi prosjekt som starta i tidlegare år først er ferdigstilte og rapporterte i 2004.
Løyvingane til kurs og opplæring var om lag 16 mill. kroner i 2004. Gjennom satsinga på Landbruk Pluss er det lagt stor vekt på kompetanseutvikling og effektiv kompetansespreiing. Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein sentral aktør i dette arbeidet både gjennom si satsing på kursseriar og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. SKI har såleis fått ei viktig rolle i skogbrukets nettsatsing. Oppslutninga om landsdekkjande tiltak i form av kurs og opplæring har vore god. Blant kursdeltakarane var i snitt 10 pst. kvinner, men det er store variasjonar mellom fylka. Talet har vore stabilt dei siste åra. Det blei òg arrangert korte distriktskurs for skogsarbeidarar og yrkesaktive skogeigarar i kystfylka.
Det blei løyvd om lag 4,6 mill. kroner til andre tiltak. Av dette var 2,5 mill. kroner tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg og tilskott til avverking og til drift av lauvvirke til industriformål i nordlege delar av Nordland og Troms.
Budsjettframlegg 2006
Landbruks- og matdepartementet sin nasjonale strategi for næringsutvikling Landbruk - meir enn landbruk gir føringar og rettleiing på korleis satsinga for landbruksrelatert næringsutvikling skal skje. Hovudmålet er auka lønnsemd gjennom nyskaping og effektivisering. Det er nødvendig at heilkjedeperspektivet ligg til grunn for all aktivitet. Gjennom strategien blir det gitt føringar for kva for oppgåver som skal behandlast på sentralt nivå og kva for oppgåver som må løysast på regionalt nivå. Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling og dei faglege møtearenaene i regi av Innovasjon Noreg vil gi verdifulle innspel til det vidare arbeidet med næringsutvikling.
Samisk utviklingsfond
Overføringa til Samisk Utviklingsfond (SUF) for å betre rammevilkåra for næringskombinasjonar i samiske område, blir foreslått ført vidare. Ein tek sikte på eit betre organisert samarbeid mellom bruken av midlar i SUF og dei fylkesvise BU-midlane, særleg i Finnmark.
Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon ( inkl. konkurransestrategiar )
Departementet gjer framlegg om ei vidareføring av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i 2006. Ein gjer framlegg om ei ramme for 2006 på 110,2 mill. kroner. Arbeidet med å styrkje marknadsposisjonane til norsk mat er viktig i samband med at mengda importert mat aukar. For å utvikle lønsame verksemder vil ein sjå verkemidla knytt til næringsutvikling i samanheng, frå råvareproduksjon til vidareforedling, distribusjon og sal i marknaden. Det vil bli lagt vekt på aktuelle og moglege marknadskrav for både primærproduksjonen og næringsmiddelindustrien. Dei siste ledda i verdikjeda, slik som distribusjon av produkt og presentasjon i marknaden, vil bli prioritert. Om lag 25 pst. av midlane i programmet har vore nytta til kompetansehevande tiltak. Innovasjon Noreg vil leggje fram ein evaluering av kompetansesatsinga i Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon første halvdel av 2006. Evalueringa vil syne om det er nødvendig med endringar i kompetansesatsinga. Oppfølginga av satsinga på Mat, skole og helse vil inngå som ein del av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon.
I tillegg gjer ein framlegg om å støtte Konkurransestrategiar for norsk mat, gjennom stiftinga Matmerk sitt arbeid med merkeordninga Beskytta nemningar og Godt Norsk Spesialitet, samt dei offentlege profileringsstrategiane (Grüne Woche, Ungt entreprenørskap på matområdet, matkurs i skolar og barnehagar). I samband med evalueringa av Kvalitetssystem i landbruket (KSL) og erfaringar med merkeordninga Godt Norsk vil det bli sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på ein mogleg samordning av Godt Norsk og KSL høsten 2005, jf. St.prp. nr. 69 (2004-2005) Om jordbruksoppgjøret 2005.
Mattilsynet sitt arbeid retta mot mindre matbedrifter er ei viktig oppfølging av rapporten Flaskehalser og etableringsbarrierer for mindre matbedrifter - en handlingsplan for å fremme nyskaping og få frem flere matbedrifter som blei laga for Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon i 2003. Ei styrking av Mattilsynet sin kompetanse på dette området blir prioritert som ein del av kompetansesatsinga i Verdiskapingsprogrammet.
Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane
Dei sentrale bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) skal vere med å styrkje landbruksbasert reiseliv og støtte nasjonale utviklingstiltak. Midlane går til prosjekt av landsomfattande og fylkesovergripande karakter med innovasjon og næringsutvikling som siktemål.
Satsinga på landbruksbasert reiseliv blir koordinert av Innovasjon Noreg og omfattar m.a. marknadsføringssamarbeid, utmarksarbeid og støtte til organisasjonen Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Arbeidet for å få betre styring og koordinering av satsingane er enklare etter opprettinga av Innovasjon Noreg. Natur, kultur, utmark, innlandsfiske og fisketurisme, kulturlandskap og aktivt drivne gardsbruk som grunnlag for alternative inntektskjelder, har ein sentral plass i satsinga. Produksjon av mat og andre landbruksprodukt gir òg ei rekkje fellesgode til befolkninga som kan settast saman til opplevingsprodukt, m.a. ope landskap, biologisk mangfald, lokal matkultur, kulturminne, reise- og friluftsliv.
Dei sentrale BU-midlane skal vidare finansiere nødvendig utgreiingsarbeid og profileringsaktivitetar for å styrkje arbeidet med den nye landbrukspolitikken.
Ein gjer framlegg om å vidareføre støtte til Forskingsprosjektet korn i 2006. Prosjektet er planlagt avslutta i 2006. Ein gjer vidare framlegg om å vidareføre støtte til prosjektet for utvikling av landbruksbygg i arktiske strøk i 2006. Fase 2 i dette prosjektet er planlagt avslutta i 2007. Det vil òg bli gitt utviklingsmidlar gjennom Innovasjon Noreg, m.a. for å styrkje nettverk mellom landbruk og andre næringar og tiltak for å fremme ungdom og kvinner si stilling i landbruket.
Ramma for dei sentrale BU-midlane blir vidareført på same nivå som i 2005, innanfor ei ramme på 38 mill. kroner.
I arbeidet med å utvikle Landbruk Pluss er det sett i gang ulike prosjekt som skal gi kunnskap og erfaringar til det vidare utviklingsarbeidet. Senter for bygdeforsking er i gang med ei følgjeforsking for å følgje kommunane med deira nye oppgåver. Fylkesmannen i mange fylke jobbar med å utvikle dialogen med kommunane gjennom konkrete prosjekt innan arealforvaltning, busetjing og næringsutvikling, og det blir gjennomført større prosjekt i over 50 kommunar for å styrkje kommunen som næringsaktør. Det vil òg bli løyvd midlar til oppfølging og vidareføring av desse prosjekta.
Bioenergi
Bioenergi er ei næringspolitisk satsing for å skape inntekt og arbeidsplassar knytt til landbruksnæringa. Satsinga vil òg underbyggje regjeringa sine energi- og klimapolitiske målsetjingar og ha positive verknader i forhold til kulturlandskapet. Bioenergi er eit satsingsområde innanfor departementet sin strategi for næringsutvikling Landbruk - meir enn landbruk, der målet er å auke lønnsemda og vidareutvikle bioenergi som forretningsområde innanfor landbruket. Strategien støtter opp om næringa sitt mål om å auke bruken av bioenergi frå nivået i dag på 16 TWh til 26 TWh i 2015. Det viktigaste verkemidlet for satsinga på bioenergi, er departementet sitt bioenergiprogram. Måla for programmet er å auke leveransen av biobrensel frå skogen gjennom berekraftige og effektive driftsløysingar og å utvikle forretningsmessige konsept for leveranse av ferdig varme frå landbruket. Gardsanlegg, flytande biobrensel og pilotanlegg for produksjon av flis/energiråstoff ligg òg innanfor målområdet til programmet. Departementet vil føre vidare satsinga på bioenergi innan landbruket med ei mindre nedjustering i forhold til i 2006. Ramma for programmet blir 21 mill. kroner i 2006.
Skogbruk
Løyvingane til skogbruk under LUF får ei ramme på 133 mill. kroner. Fordelinga av midlar på hovudtiltaka går fram av tabell 2.14.
Tabell 2.14 Fordeling av midlane til skogbruk for 2005 og 2006
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
Hovudtiltak | 2005 | 2005 |
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket | 95 | 95 |
Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande tiltak | 38 | 38 |
Sum | 133 | 133 |
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blir fordelt til kommunane. Det er i alt sett av 38 mill. kroner til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkande tiltak.
Tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket
Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå lokale prioriteringar og tilpassingar blir stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og vidareutvikla. Midlane blir forvalta av kommunane og er sentrale i ei heilskapleg satsing på næringsverksemda i skogbruket og aktiv ivaretaking av verdiane i kulturlandskapet. Midlane som her blir stilt til rådvelde for kommunane kan brukast til tiltak innanfor skogkultur, skogsvegbygging, miljøtiltak i skogbruket og ulike andre tiltak. Kommunane kan sjå desse midlane til skogbruksformål i samanheng med miljømidlane over jordbruksavtalen. Dette gir kommunane stor fridom.
Departementet opnar for at midlane kan brukast til ungskogpleie og andre tiltak som medverkar til betre kvalitet på skogen. Det kan òg bli gitt tilskott til skjøtsel av skog i kantsona langs vatn, vassdrag og dyrka mark og til skjøtsel av skog i samband med kulturminne. Desse tiltaka er òg viktige ledd i det samla kulturlandskapsarbeidet. Det kan ikkje bli gitt tilskott til planting over denne posten.
Tilskott kan bli gitt både til nybygging og ombygging av skogsvegar. Utbetalingane til slike tiltak skal over ein fireårsperiode avgrensast til maksimalt 50 pst. av dei totale utbetalingane til skogbrukstiltak. Det kan i tillegg bli gitt tilskott for å dekkje tyngjande meirkostnader og vesentlege reduserte inntekter knytt til det å ta vare på viktige miljøverdiar.
Tilskott til skogsdrift med taubane, hest o.a. kan bli gitt for å auke avverkinga i bratt og vanskeleg terreng, og for å fremme bruk av miljøvennlege løysingar i slike område. Desse områda har store skogressursar og virke frå bratt terreng er ein viktig del av virkesforsyninga for mange små og mellomstore sagbruk.
Departementet opnar òg for tilskott til investeringar i mindre nærings- og miljøtiltak som ikkje omfattast av andre ordningar (fylkesvise BU-midlar, verdiskapingsprogram m.fl.), til dømes til fellestiltak for auka avsetnad av skogsvirke til bioenergi.
Tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og landsdekkjande kompetansetiltak
Kunnskap om ressursgrunnlaget er ein føresetnad for eit aktivt og miljøretta skogbruk og skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er ein viktig reiskap for skogeigarane. Kommunevis eller områdevis gjennomføring av skogbruksplanlegginga gjer at Fylkesmannen fastsett løyvingsramma til kommunane etter ein hovudplan for fylket. Hovudplanen er eit resultat av m.a. innspel frå kommunane. Effektivisering og satsing på meir brukartilpassa planar står sentralt i departementet si oppfølging av skogbruksplanlegginga.
Det vil òg bli løyvd midlar frå denne underposten til kompetansesenteret for skogbruksplanlegging (NIJOS).
Kompetanseutvikling og effektiv kompetansespreiing står sentralt i skogpolitikken og Skogbrukets kursinstitutt (SKI) er ein viktig aktør gjennom satsinga si på kursseriar og kunnskapsspreiing gjennom ulike internettportalar og nettsider. Departementet gjer framlegg om støtte til å utvikle og gjennomføre kompetansetiltak på skog- og utmarksområdet retta mot offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet, hovudsakeleg i regi av SKI (Aktivt skogbruk mv.). SKI sitt arbeid retta mot barn og unge gjennom Lære med skogen, ulike nettilbod mv. er òg prioriterte oppgåver. Dei oppgåvene ved SKI som blir finansierte med tilskott over statsbudsjettet blei òg vurdert i samband med den nye kunnskapsinstitusjonen for arealressursar som blir etablert frå 01.07.2006, jf. omtale under kat. 15.20 og kap. 1141, men departementet har kome til at det ikkje er naturleg å flytte desse oppgåvene frå ein privat institusjon til ein statleg institusjon. Kunnskapsbehova er i rask endring og SKI må byggje på eit kunnskapsgrunnlag frå eit stadig breiare spekter av kunnskapsinstitusjonar. Et godt samarbeid i sektoren er ein føresetnad for ei vellukka kompetanseutvikling.
Det blir sett av særskilte midlar som tilskott til skogeigarlaga på Vestlandet og i Nord-Noreg og tilskott til avverking og drift av lauvvirke til industriformål i nordlege delar av Nordland og Troms.
Innlandet 2010
Regjeringa gjer framlegg om 20 mill. kroner til Innlandet 2010, jf. omtale under kategori 15.30. Midlane blir knytt til utvikling innan områda bioteknologi, bioenergi, reiseliv og mat- og trebasert industri.
Etablering av museumsanlegg for jordskifte
Jordskifte har vore med på å utforme eigedomane sin infrastruktur på bygdene i snart 150 år. Agatunet i Ullensvang i Hardanger har ei eineståande blanding av gamal og ny eigedomstruktur. Det er særleg godt eigna til å dokumentere historia på dette området. Departementet vil derfor bidra i satsinga på Agatunet som eit senter for synleggjering av kva jordskifteverksemda har ført med seg for den fysiske utforminga av landbrukseigedomane i Noreg. Departementet ser det som viktig at etableringa skjer i 2006 i samband med at Jordskifterettane blir overført til Domstolsadministrasjonen under Justis- og politidepartementet frå 01.01.2006.
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Resultatrapport 2004
I 2004 blei det behandla 24 søknader med eit samla søknadsbeløp på om lag 17 mill. kroner. Det blei gitt tilskott på i alt 3,6 mill. kroner til 18 nye prosjekt, av dette eit utanlandsstipend.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,27 mill. kroner for 2006. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kongleg resolusjon av 25.02.1977, med endringar sist av 16.12.2002. Prosjekt som får støtte frå fondet er m.a. retta mot verdiskaping og ressursforvaltning i skogsektoren innanfor gruppene forsking og utstyr, utviklingsprosjekt, informasjon og opplæring og stipend.
I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innan skogsektoren representert. Sekretariatet ligg i Noregs forskingsråd.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
Resultatrapport 2004
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet)
Programmet blei skipa i 2000 og er omtalt i budsjettproposisjonane etter dette. Programmet er retta inn mot verksemder og andre aktørar i verdikjeda skog - marknad, for å auke bruken av tre og verdiskapinga knytt til tre. Totalt blei det i 2004 sett i gang 74 prosjekt. Sentrale aktivitetar har m.a. vore utviklingsprogram ved utdanningsinstitusjonar, samt prosjekt knytt til utvikling av trevirket sitt bruksområde, t.d. bruk av massivtre, trefasadar og laft. Om lag 50 pst. av verkemiddelbruken har i 2004 retta seg mot nyskaping og produktutvikling på bransje- og bedriftsnivå.
Innovasjon Noreg forvaltar programmet, og det er utvikla samarbeid mellom Fylkesmannen, Noregs Forskingsråd og Innovasjon Noreg for å utnytte og styrkje alle sin kompetanse innanfor fagfeltet.
Austlandsforsking evaluerte Treprogrammet i 2004. Rapporten syner at programmet har lykkast med å skape engasjement og moglegheit for utvikling i skog- og trebransjen og auka interesse for bruk av trevirke.
Transportstøtte
Den direkte støtta til langtransport av virke frå vanskelegstilte område i Nord-Noreg blei i 2004 på 1,6 mill. kroner som er same nivå som tidlegare.
Omstillingsmidlar i skogplanteforsyninga
Skogplanteskolane i nokre regionar har hatt sviktande plantesal og i revidert nasjonalbudsjett for 2004 blei det løyvd 2 mill. kroner til omstillingstiltak for å sikre ei framtidsretta skogplanteforsyning. Midlane blei fordelt på fire skogplanteskolar: 1 mill. kroner til Skogplanter Midt-Norge, 600 000 kroner til Alstahaug Planteskole, 250 000 kroner til Bardufoss Planteskole og 150 000 kroner til Brandsøy Planteskule. Over kap. 1149 post 50 er det i 2005 løyvd 1,5 mill. kroner til oppfølging av omstillingstiltaka.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 37,5 mill. kroner på denne posten i 2006. Ramma er fordelt med 35 mill. kroner til Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet) og 2,5 mill. kroner som støtte til transport av skogsvirke i Nord-Noreg.
Verdiskapingsprogrammet for bruk og foredling av trevirke (Treprogrammet)
Auka bruk av tre og lønnsemd i heile verdikjeda er ein viktig del av departementet sin heilskaplege strategi for næringsutvikling knytt til landbruket; Landbruk - meir enn landbruk. Det er her vist til at den innanlandske bruken av trelast er 0,55 m3/innbyggjar/år og at næringa har 0,75 m3/innbyggjar/år som mål innan 2010. Strategien skal m.a. støtte opp under næringa sitt mål om auka verdiskaping og trebruk. Strategien trekkjer fram fire hovudstrategiar for næringsutvikling i tresektoren. Departementet skal medverke til å:
utvikle innovasjonssystem og verdikjeder
realisere potensial for auka trebruk gjennom nyskaping og produktutvikling
synleggjering, profilering og kommunikasjon om moglegheiter knytt til auka bruk av tre
arbeide for å oppnå gode rammevilkår og auka handlingsrom for næringa for at næringa skal utnytte desse moglegheitene
Treprogrammet som blei skipa i 2000 som eit femårig program har vist positive resultat for å skape betre lønnsemd og verdiskaping i heile verdikjeda. Departementet vil derfor òg ha ei tresatsing i åra som kjem. Sentrale innsatsområde vil vere nyskaping og verdikjedeutvikling. Det femner om betre utnytting av og heving av kunnskap og kompetanse, betre virkesutnytting, betre produkt og sterkare tilpassing til sluttbrukarane sine krav. Slik innsats vil kunne leggje eit betre grunnlag for eit robust primærskogbruk og halde oppe den verdiskapinga tremekanisk industri tilfører mange lokalsamfunn. Departementet vil med basis i Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling og kontakt med Innovasjon Noreg (IN) og næringa, konkretisere innhaldet i programmet framover. Departementet vil utforme dei nye tiltaka slik at dei er i samsvar med prinsippa som følgjer av EØS-avtalen.
Det er etablert eit forsterka samarbeid mellom Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd innan skog- og treområdet for å styrkje kunnskapskjeda mellom forsking, utvikling og kommersialisering. Samarbeidet er kalla Fellessatsing TRE. Her skal ein gjennom arbeidsdeling og samspel mellom institusjonane betre rettleie og støtte verksemder med forskings- og utviklingsoppgåver.
ESA vurderer Treprogrammet på bakgrunn av ei klage frå Bygg uten grenser (mur- og betongbransjen). Saka er framleis til behandling hos ESA.
Transportstøtte
Ordninga med tilskott til langtransport av skogsvirke for Troms og dei nordlege delane av Nordland og Troms blir ført vidare. Departementet går inn for å halde oppe slik støtte på om lag same nivå i 2006 som i 2005.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. (jf. kap. 4150)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50 | Fondsavsetningar | 538 500 | 296 700 | 411 590 |
70 | Marknadsregulering , kan overførast | 238 523 | 208 000 | 215 500 |
73 | Pristilskott , overslagsløyving | 2 033 348 | 1 958 300 | 2 022 800 |
74 | Direkte tilskott , kan overførast | 6 817 959 | 6 482 285 | 6 581 685 |
77 | Utviklingstiltak , kan overførast | 222 326 | 225 110 | 222 970 |
78 | Velferdsordningar , kan overførast | 1 571 217 | 1 597 354 | 1 591 354 |
Sum kap. 1150 | 11 421 874 | 10 767 749 | 11 045 899 |
Kap. 1150 og kap. 4150 om Jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har tingingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar knytt til produksjon og omsetnad innanfor jordbruket (marknadsordningane). Jordbruksavtalen 2005-2006 som blei inngått mellom staten, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag 19.05.2005 omfattar målprisane for perioden 01.07.2005 til 30.06.2006 samt tilskott som blir utbetalt i 2006. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremme fastlagte mål for jordbruket og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Årets jordbruksoppgjer blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 69 (2004-2005) og behandla i Stortinget 09.06.2005, Innst. S. nr. 263 (2004-2005).
Dette kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen i 2006.
Mange av dei største ordningane på kap. 1150 er tiltak der søkjarane har rett på tilskott dersom dei oppfyller alle vilkåra. Løyvinga er oftast styrt av satsar pr. eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Derfor ser departementet det som naturleg at eit noko større behov på ein underpost kan dekkjast inn med ledige midlar på ein annan underpost på same løyving (post).
Mål og strategiar
Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinjene i landbrukspolitikken. For ei nærmare omtale av mål og strategiar i jordbrukspolitikken for komande budsjettperiode viser ein til innleiinga, samt kat. 15.30 og kap. 7 i St.prp. nr. 69 (2004-2005).
Dei langsiktige måla for jordbrukspolitikken blei sist fastlagt av Stortinget i samband med behandlinga av St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon. I tillegg til produksjon av trygg mat og andre varer og tenester med bakgrunn i forbrukarane sine behov er hovudmåla i stor grad knytt til produksjon av kollektive gode for samfunnet. Målstrukturen frå St.meld. nr. 19 (1999-2000) er skissert i figur 2.1 nedanfor.
Nokre av dei kollektive goda kjem som eit resultat av jordbruksproduksjonen i Noreg. Både klima, topografi og at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskala struktur og norsk pris og kostnadsnivå, gjer at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå. Derfor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønnsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane fell i kategorien horisontale fordi dei verkar inn på fleire av dei kollektive goda samtidig. Det gjeld m.a. tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. I tillegg vil òg verkemiddel som er meir målspesifikke òg kunne påverke andre mål.
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein derfor ikkje sortere post for post på budsjettkapitlet i forhold til hovudmåla. Derfor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert spesifikk resultatrapportering på dei enkelte ordningane. Jordbruksavtalen og dei fleste verkemidla verkar saman, og skal totalt sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing for næringa og samfunnet. For den sist oppdaterte resultatrapporteringa om utviklinga i primærproduksjonen visar ein til kap. 3 i St.prp. nr. 69 (2004-2005).
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken som omtalt m.a. i innleiinga, vil vi ha verkemiddel for å nå fleire av desse både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette gjeld både økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetting og sysselsetting, samt verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er grunnleggjande òg i næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Vi har òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar for utviklingstrekka i næringa samla sett.
Resultatrapport 2004
Landbruket er ei langsiktig næring der tilpassinga til endra rammer vil ta tid. Det er derfor viktig for næringsaktørane å førebu seg på endringar som kan kome i internasjonale og nasjonale forhold, hos forbrukarane og i forhold til teknologi m.m. Dei ulike tiltaka over jordbruksavtalen skal gi dei næringsdrivande rammer som dei ut frå sin eigen situasjon kan tilpasse seg innanfor. Jordbruksavtalen skal fremme utvikling i næringa og tilpassingar som i så stor grad som mogleg er i samsvar med måla for landbrukspolitikken.
Utviklinga i dei viktigaste resultatmåla for landbruket som har samanheng med verkemidla over jordbruksavtalen, skjer gradvis over tid og kan derfor i liten grad lesast over eit år. Ein del av dei økonomiske resultata vil òg kunne bli påverka av periodisering og andre forhold som gjer at utviklinga frå det eine året til det andre berre gir informasjon med avgrensa verdi. Fleire av resultatmåla er påverka av langsiktig og generell økonomisk utvikling. På kort sikt blir resultatmål òg påverka av forhold som renteutvikling og verdsmarknadsprisar med meir.
For ei meir detaljert rapportering av resultata i jordbrukspolitikken fram til 2004 viser ein til kapittel 3 i St.prp. nr. 69 (2004-2005).
Nokre viktige utviklingstrekk er:
Sett over tid har jordbruket hatt same utvikling i inntekt som andre grupper.
Produktivitetsutviklinga er stabilt høg i næringa, talet på driftseiningar som søkjer om tilskott går ned medan samla produksjon og jordbruksareal er relativt stabilt.
Nedgangen i talet på einingar har vore størst i Nord Noreg, men det er ikkje store regionale forskjellar. Den marginale nedgangen i totalt jordbruksareal dei seinaste åra har vore på Austlandet og på Vestlandet. Målet om eit aktivt jordbruk over heile landet er derfor i stor grad oppfylt.
Det har dei siste tiåra vore ein jamn nedgang i sysselsetjinga i jordbruket som i 2004 er rekna til 69 200 årsverk eller om lag 3,5 pst. av den samla sysselsettinga i landet. For perioden 2002-2005 er nedgangen i sysselsettinga i jordbruket rekna til 3,3 pst. pr. år.
Etter at marknadsbalansen har vore god i fleire år har det for 2004 og 2005 oppstått overproduksjon innanfor fleire produksjonar, særleg for svinekjøtt, men òg for lam, korn og egg. Samla pristap for næringa er rekna til 250 mill. kroner i 2004 og 570 mill. kroner i 2005.
Arbeidet med næringsutvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) styrkjer og utvidar næringsgrunnlaget i og i tilknyting til landbruket over heile landet.
I løpet av 2004 har alle fylke arbeida fram sine regionale miljøprogram. Midlane vil bli prioritert til ordningar som fremmar kulturlandskap og reduserer forureining. Særleg har stølsdrift blitt prioritert i dei områda der det er aktuelt.
Omlegging til økologisk produksjon går i rett retning, men i noko svakare tempo enn det som er ønskja.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Som gjort greie for under kat. 15.00 er det behov for tilpassingar i forhold til normal prosedyre for tilskottforvaltning. Det vil her bli gjort nærmare greie for hovudtrekka i tilpassingane i forhold til ulike grupper ordningar, samt bruken av ulike aktørar i forvaltninga.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Gruppa av tilskott utgjer ei rekkje ulike ordningar under jordbruksavtalen, jf. kap. 1150 postane 70 og 73, samt i eit mindre omfang under kap. 1150 post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum og distrikt m.m. Grunnlaget for tilskott som blir utbetalt produsentane via eit omsetningsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetningsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samtidlig mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer derfor samla basert på rapporteringa frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med dei årlege proposisjonane om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa frå Budsjettnemnda blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat som gir grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. Landbruks- og matdepartementet meiner såleis at ein har etablert eit godt resultatrapporteringssystem for dei ikkje-tiltaksretta ordningane. Av andre viktige tilpassingar i forhold til normalprosedyren kan nemnast at det normalt ikkje er tilskottsmottakar sjølv som søkjer då tilskotta blir utbetalt via eit omsetningsledd. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetningsleddet. Omsetningsledda gjer som oftast ikkje eigne vurderingar i forhold til forvaltninga av tilskotta. Dei vil derfor normalt ikkje bli rekna som tilskottsforvaltarar, men medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eige tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetningsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsent. Samla sett verkar dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og velferdsordningar
Tilskottsordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150 postane 74 og 78 og er for dei direkte tilskotta basert på objektive kriterium som dyretal, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Når det gjeld velferdsordningar, utgjer desse særleg refusjon av utgifter til avløysar. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for ordningane marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott, jf. ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak finne stad i rapporteringa i samband med jordbruksoppgjeret. I tillegg blir rapporteringa frå Budsjettnemnda supplert med vurderingsrapportar og statusnotat. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Vidare er det ikkje aktuelt å sende årlege oppdragsbrev til kommunane då deira oppgåver er fastsett i føresegner, rettleiingar m.v. og arbeidet deira er ikkje styrt av ei budsjettramme knytt til kvar enkelte kommune.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet/Statens landbruksforvaltning (SLF) og direkte til ein sams mottakar, t.d. Rikstrygdeverket, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Dei største kollektive overføringane har bakgrunn i at produsentar i jordbruket betalar redusert trygdeavgift, på linje med lønnstakarar. Ordningane finnast særleg under kap. 1150 post 78. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetningsavgift for frukt og grønt, jf. kap. 1150 post 70.11. Oppfølginga av desse ordningane vil berre vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein med mellomrom vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Etablering av forvaltningsorganisasjon
Etter etableringa av Statens landbruksforvaltning (SLF) i 2000 er hovuddelen av tilskottsforvaltninga delegert til den statlege verksemda. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsorningane blir direkte dekte innanfor løyvingane til drift av SLF og andre tilskottsforvaltarar og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og regionaldepartementet. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre uviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. Bruken av aktørar utanfor statsforvaltninga er derfor monaleg redusert. På ein del område legg ein likevel forvaltninga av enkelte tilskottordningar til organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg, Statskog SF og såvareforretningar. Kommunane har òg sentrale oppgåver i tilskottsforvaltninga, og omsetningsledda har som nemnd ovanfor ei medhjelparrolle i kanaliseringa av tilskott fram til produsentane. I samband med gjennomgangen av tilskottsforvaltninga har det blitt arbeida med å klargjere ansvar og oppgåver for desse eksterne aktørane. På ein del område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, ofte partssamansett, skal tildele tilskottsmidlar medan Statens landbruksforvaltning eller Reindriftsforvaltninga er sekretariat og førestår alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse forholda ser departementet det slik at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
Jordbruksoppgjeret 2005
Jordbruksavtalen 2005-2006 er basert på dei prinsipp som er trekt opp i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, Innst. S. nr. 167 (1999-2000) frå næringskomitéen, regjeringa si Sem-erklæring og hovudmål for den økonomiske politikken.
Ved jordbruksoppgjeret i 2005 kom staten og jordbruket fram til ei forhandlingsløysing 13.05.2004. Noregs Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag har i brev meddelt at styra i organisasjonane har godkjent avtalen.
Avtalen har ei ramme på 450 mill. kroner som inneber ein auke i løyvingane over kap. 1150 på 190 mill. kroner og ein auke i målprisane tilsvarande 260 mill. kroner. Det var ikkje ledige midlar som blei rekna inn i ramma, men 13,9 mill. kroner av ledige midlar blei omdisponert. I tillegg blei det rekna inn at effekten av ei korrigering av skilnaden mellom styringspris og målpris på mjølk frå 1.7.2005 vil utgjere ei årleg inntektsauke på 31 mill. kroner. Samla blei det derfor rekna utslag av 495 mill. kroner på referansebruka. Utslaget av ramma vil utgjere vel 7.000 kroner pr. årsverk, eller gi grunnlag for ein auke i inntektene pr. årsverk på om lag 5 pst. Betra marknadsbalanse vil kunne gi ytterlegare vekst i inntektene innanfor visse produksjonar.
Frå jordbruksoppgjeret i 2003 blei det vedteke at løyvingane over statsbudsjettet til jordbruksavtalen skal følgje kalenderåret og ikkje avtaleåret. Avtalte endringar i løyvingane i jordbruksoppgjeret gjeld derfor følgjande kalenderår. Det vil seie at jordbruksavtalen 2005 er basert på at Stortinget gjer vedtak om dei løyvingane i 2006 som er lagt til grunn i avtalen og lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 69 (2004-2005). Gjennom vedtak III til proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2005 har Stortinget gitt Landbruks- og matdepartementet fullmakt til å setje i verk tiltak i forhold til avtalen som er knytt til løyvingar over budsjettet i 2006.
Importvernet er ikkje forhandlingstema i jordbruksoppgjeret. Ramma for og fordelinga av jordbruksavtalen 2005 er utforma innanfor Noregs plikter i forhold til WTO. I avtalen er det lagt til rette for at Noreg no kan notifisere si støtte til areal som grøn støtte i WTO. Det flyttar omlag 3 mrd. kroner frå blå støtte til grøn støtte i Noreg si notifisering.
Jordbruksoppgjeret med omfordeling av løyvingar i 2005 og verknad for statsbudsjettet i 2006, blei lagt fram for Stortinget i St.prp. nr. 69 (2004-2005). I denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gjere dei budsjettvedtak for 2006 som følgjer av avtalen som Stortinget slutta seg til ved behandlinga den 9. juni 2005 av Innst. S. nr. 263 (2004-2005).
Budsjettframlegg 2006
Budsjettforslaget for 2006 inneber at løyvinga på kap. 1150 blir auka med om lag 278 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2005, frå 10,768 mrd. kroner til 11,046 mrd. kroner. Aukinga i 2006 er sett saman av følgjande forhold:
190 mill. kroner auke som følgje av auka tilskott etter jordbruksoppgjeret 2005
21,6 mill. kroner auke som følgje av volumauke på overslagsløyvingane (post 73)
66,5 mill. kroner auke som følgje av flytting av løyvingar på statsbudsjettet. 67,3 mill. kroner av dei til underpost 73.20 Tilskott til matkorn frå kap. 1143 post 75.
Merknader til dei enkelte postane
Post 50 Fondsavsetningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
50.11 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 495 750 | 293 950 | 398 840 |
50.12 | Tilskott til Landbrukets Skadefond | 42 750 | 2 750 | 12 750 |
Sum post 50 | 538 500 | 296 700 | 411 590 |
Underpost 50.11 Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF)
Etter LUF sine vedtekter kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Utgifter til administrasjon av LUF blir dekt over fondet.
Deler av løyvinga til fondet blei flytta ut av jordbruksavtalen og over til kap. 1149 post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF) frå budsjettåret 2004, jf. St.prp. nr. 70 (2002-2003). Løyvingane til LUF kjem frå kap. 1149 og kap. 1150.
Ein gjer framlegg om ei løyving for budsjettåret 2006 på om lag 399 mill. kroner under kap. 1150 underpost 50.11. I St.prp. nr. 69 (2004-2005) Om jordbruksoppgjøret 2005 blei det lagt til grunn ein auke i løyvinga til LUF på kap. 1150 underpost 50.11 med 105 mill. kroner for å få betre samsvar mellom inntekter og utgifter i fondet. I forhold til dette er løyvinga på posten redusert med 0,11 mill. kroner knytt til flyttingar mellom jordbruksavtalen og andre deler av statsbudsjettet. Det er gjort følgjande endringar:
0,020 mill. kroner til garantiordning for settelauk er flytta til underpost 77.12 Tilskott til frøavl med meir
0,090 mill. kroner i tilskott til økologisk produksjon av settepotet er flytta til underpost 77.15 Tilskott til kvalitets- og salsfremjande tiltak
I tillegg blei løyvinga til kjøtt- og kadaverhandtering på 5 mill. kroner flytta i St.prp. nr. 69 (2004-2005) frå underpost 50.11 (LUF)og til underpost 70.11 Avsetningstiltak.
Tildelingsramma blir fastsett ut frå løyvingsframlegg på kap. 1150, renteinntekter og fondskapital slik det går fram av oppsettet under. Ein legg opp til ei samla tildelingsramme for LUF innanfor jordbruksavtalen på 549 mill. kroner i 2006.
(i mill. kr) | |
---|---|
Beløp | |
Løyvingsframlegg kap. 1150 post 50 | 398,8 |
Renteinntekter fordelt til kap. 11501 | 8,7 |
Fondskapital | 141,5 |
Framlegg om tildelingsramme | 549,0 |
1 Der er renteinntekter for 2005 som er lagt til grunn for tildelingsramma i 2006
Den meir detaljerte fordelinga av tildelingsramma innanfor jordbruksavtalen går fram av tabellen under.
Tabell 2.15 Oversikt over tildelingsramme for LUF innanfor jordbruksavtalen i 2004, 2005 og framlegg om tildelingsramme for 2006
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Ordningar | 2004 | 2005 | 2006 |
Kompetansetiltak (KIL) | 6,0 | 6,0 | 6,0 |
Kvalitetssystem i landbruket (KSL) | 20,0 | 20,0 | 20,0 |
Fylkesvise bygdeutviklingsmidlar | 286,0 | 241,0 | 241,0 |
Mjølke- og storfeprogram | 85,0 | 85,0 | |
Spesielle miljøtiltak, (informasjons- og utviklingsarbeid fom 2005)1 | 135,2 | 13,5 | 12,0 |
SMIL | 115,0 | 130,0 | |
Organisert beitebruk | 14,6 | 8,6 | |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk2 | 38,0 | 38,0 | 38,0 |
Nedskriving økologisk korn | 3,0 | ||
Utviklingsprogram for geitehaldet3 | 10,0 | 11,0 | |
Kadaverhandtering4 | 2,0 | 5,0 | |
Avsetningstiltak honning | 1,5 | ||
Diverse prosjekter5 | 3,0 | 6,0 | |
Eliteplanteanlegg Ervik, Rå | 0,5 | ||
Sum innanfor jordbruksavtalen | 503,8 | 548,1 | 549,0 |
1 Spesielle miljøtiltak omfatta i 2004 Informasjons- og utviklingstiltak, Genressursarbeid, Norsk landbruksmuseum, Bevaringsverdige storferasar og Spesielle miljøtiltak (kommunane). Fleire av disse postane blei flytta ut av LUF f.o.m. 2005, jf. St.prp. nr. 66 (2003-2004)
2 For 2006 er det avsett 0,5 mill. kroner til Rørosmeieriet finansiert over utviklingstiltak innanfor økologisk jordbruk
3 8 mill. kroner til prosjekt Friskare geiter og 3 mill. kroner til utviklingsprogrammet
4 Tilskott til kjøtt og kadaverhandtering er i St.prp. nr. 1 for 2005 overført til LUF med 5 mill. kroner. Denne løyvinga tilbakeførast til rpost 70.11 for 2006 og blir forvalta av Statens landbruksforvaltning.
5 3 mill. kroner i 2005 til elektronisk overvakning av husdyr. I 2006 avsettes 2 mill. kroner til tiltak mot beiteskader gås, 2 mill. kroner til setersatsing og 2 mill. kroner til elektronisk overvakning av husdyr.
Nærings- og miljøsatsinga over Landbrukets utviklingsfond blir vidareført med ein samle løyving på 549 mill. kroner. Det blir starta opp eit seterprosjekt i tre fylke for å få til ein ny giv rundt bevaring og utvikling av seterkulturen knytte opp mot næringsutvikling og turisme. Vidare aukar den kommunale miljøordninga Spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap med 15 mill. kroner. Regionale miljøprogram blir innført i alle fylke i 2005 med utbetaling første år i 2006. Det er sett av 340 millionar kroner til programma for første år, jf. underpost 74.19.
Som nemnt i kap. 1149 har Landbruks- og matdepartementet utarbeide ein heilskapleg strategi for verdiskaping og næringsutvikling i landbruket, Landbruk - meir enn landbruk. Hovudmålet i strategien er auka lønnsemd med utganspunkt i bygdene sine ressursar m.a. gjennom nyskaping og effektivisering. Det skal no arbeidast vidare med ytterlegare konkretisering av mål og indikatorar for resultatoppnåing. Kvart fylke har gjennom regionale partnarskap utforma sine regionale strategiar. Desse ligg til grunn for disponering av LUF-midlar til næringsutviklingsføremål. For 2006 blir det lagt vekt på sterkare å integrere satsinga på økologisk landbruk
Det er oppretta eit Statsrådens kontaktutval for næringsutvikling. Innovasjon Noreg har etablert faglege arenaer med brei representasjon frå sentrale faglege aktørar.
Rentestøtteordninga vidareførast med ei låneramme på inntil 1 mill. kroner pr. bruk. Den totale låneramme for rentestøtte er framleis 700 mill. kroner.
Det blir innført ei ny risikolåneordning med formål å gi risikolån til prosjekt som ikkje får lån i den private lånemarknaden. Målgruppa for ordninga er næringsdrivande i eller i tilknyting til landbruket med prosjekt som blir vurdert til ikkje å ha god nok sikkerheit i den private marknaden. Det blir innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane opna for at Innovasjon Noreg òg kan gje rentestøtte. Lånekapitalen kjem frå Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa medan rentestøtte og avsetnad til tapsfond blir finansiert av Landbrukets utviklingsfond, innanfor ramma av dei fylkesvise BU-midlane. Eventuelle tap knytt til den nye ordninga blir såleis finansiert av LUF. Det er Innovasjon Noreg som skal forvalte ordninga. Innovasjon Noreg skal rapportere på ordninga saman med rapporten for dei fylkesvise BU-midlane og ordninga skal vurderast etter to år.
Utviklinga av det økologiske jordbruket syner at hovudproblemet er at berre ein låg og redusert del av produksjonen når forbrukarane som økologiske produkt. Hovudinnsatsen blir derfor framleis retta inn mot å oppnå ein betre marknadsutvikling m.a. gjennom stønad til forpliktande heilkjedeavtaler der aktørar frå jord til bord deltek.
Underpost 50.12 Tilskott til skadefondet for landbruksproduksjon
Formålet med fondet er å gi økonomisk erstatning til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold som føretaket ikkje rår over. Fondet omfattar følgjande ordningar:
erstatning for avlingssvikt i planteproduksjon og svikt i honningproduksjon
erstatning for plante- og honningproduksjon grunna klimatiske forhold
Frå 2004 er løyvingane til erstatningsordningane omorganisert slik at alle ordningar som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg er samla utanfor jordbruksavtalen på kap. 1143 post 73. Samtidlig er det i 2004 fastsett nye forskrifter for alle erstatningsordningane både på kap. 1150 og kap. 1143 der det er lagt vekt på samordning av regelverket.
Fondet hadde ved inngangen til 2005 ein eigenkapital på 107,7 mill. kroner, medan det er prognosert eit forbruk på om lag 36 mill. kroner. Løyvinga til fondet var på 2,75 mill. kroner i 2004. I samband med jordbruksoppgjeret i 2004 blei det vedteke å tilføre fondet 40 mill. kroner av overførte, ikkje disponerte midlar slik at eigenkapitalen ved inngangen til 2005 blir om lag 80 mill. kroner. Sidan kapitalsituasjonen i fondet for tida er relativt god gjeres det framlegg om ei løyving på 12,75 mill. kroner i 2006.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70.11 | Marknadstiltak | 48 980 | 13 900 | 18 900 |
70.12 | Tilskott til råvareprisordninga | 168 543 | 183 100 | 189 100 |
70.13 | Eksportrestitusjon | 21 000 | 11 000 | 7 500 |
Sum post 70 | 238 523 | 208 000 | 215 500 |
Underpost 70.11 Marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å medverke til at ein kan nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og medverke til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. Kostnadene ved marknadsregulering blir dekt av løyvinga til marknadstiltak over jordbruksavtalen og gjennom omsetningsavgifta. Posten omfattar:
Avsetningstiltak hagebruk 3,9 mill. kroner
Kollektiv dekking av omsetningsavgift hagebruk 10,0 mill. kroner
Tilskott til kadaverhandtering 5,0 mill. kroner
Ein gjer framlegg om ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2006.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksportert. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. I årets jordbruksoppgjer blei målprisane auka tilsvarande 260 mill. kroner. Særleg auken i målprisane for mjølk og dels storfekjøtt krev tilpassing av satsane for mange produkt, og det blir òg lagt opp til å vurdere ei viss utviding av vareomfanget. Styresmaktene vil følgje utviklinga i konkurransesituasjonen nøye. Løyvinga til RÅK blir derfor foreslått auka med 6 mill. kroner.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 189,1 mill. kroner i 2006.
Underpost 70.13 Eksportrestitusjon
Underposten omfattar ordninga med eksportrestitusjon til foredla kjøttprodukt (XRK-ordninga) og Catering-ordninga. Formålet med XRK-ordninga er å gjere det mogleg for norsk næringsmiddelindustri å levere foredla kjøttvarer til eksportmarknader. Det er gjort ein gjennomgang av denne ordninga i 2004. Det er foreslått å fase ut ordninga for XRK til eksportmarknader, med grunnlag i at effekten av ordninga har vore avgrensa, sett i forhold til formålet med ordninga, og vidare internasjonale føringar knytt til framtidig bruk av eksportsubsidiar. Frå og med 2005 blir det berre gitt støtte til spesialmarknader (oljeinstallasjonar, Svalbard, ambassadar m.m.).
Formålet med Cateringordninga er at norske cateringselskap som leverer menyar til fly i utanriksfart, skal kunne konkurrere med utanlandske selskap når dei nyttar norsk råvare. Catering-ordninga har blitt redusert i omfang dei siste åra og voluma er små. Partane var einige om at ordninga blir avvikla frå 2006.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,5 mill. kroner i 2006.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 159 139 | 158 100 | 158 100 |
73.13 | Pristilskott, mjølk | 463 696 | 459 900 | 468 700 |
73.15 | Pristilskott, kjøtt | 643 206 | 618 600 | 633 200 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 4 508 | 5 400 | 5 600 |
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 50 380 | 51 000 | 50 000 |
73.18 | Frakttilskott | 229 868 | 216 300 | 211 300 |
73.19 | Prisnedskriving korn | 482 552 | 430 000 | 409 600 |
73.20 | Tilskott matkorn | 67 300 | ||
73.21 | Prisnedskriving potetsprit | 19 000 | 19 000 | |
Sum post 73 | 2 033 348 | 1 958 300 | 2 022 800 |
Posten er ei overslagsløyving. Budsjettforslaget er utrekna på grunnlag av prognosar for kvantum i 2005 (ull, mjølk, kjøtt og korn) og prisar/satsar etter den nye jordbruksavtalen. I jordbruksavtalen blei satsane justert tilsvarande ei redusert løyving på 13,6 mill. kroner. Nye føresetnader for kvantum aukar løyvinga på posten med 8,7 mill. kroner medan flytting av ei ny ordning til posten aukar løyvinga med 19 mill. kroner. Samla gir dette ei auka løyving på post 73 med 14,1 mill. kroner.
Tabell 2.16 Justering av løyvingane på post 73 pristilskott
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Jordbr. avtalen St.prp. nr. 69 | Kvantumsjust. 2006 | Flytting 2006 | Budsjett 2006 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | - | - | 158 100 | |
73.13 | Pristilskott mjølk | 5 000 | 3 800 | 468 700 | |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 14 600 | 633 200 | ||
73.16 | Distriktstilskott egg | 0 200 | 5 600 | ||
73.17 | Distrikts- og kvalitetstilskott på frukt, bær og gr.sak. | -1 000 | 50 000 | ||
73.18 | Frakttilskott | -5 000 | 213 300 | ||
73.19 | Prisnedskriving korn | -24 400 | 4 000 | 409 600 | |
73.20 | Tilskott til matkorn 1 | 67 300 | 67 300 | ||
73.21 | Prisnedskriving av potetsprit1 | 19 000 | |||
73 | Pristilskott (overslagsløyving) | -24 400 | 21 600 | 67 300 | 2 022 800 |
1 Overført frå kapitel 1143 post 75
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Tilskottet skal medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg medverke til ei betring av kvaliteten på norsk ull, samt sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
Det blei ikkje foreslått endringar i tilskottet ved jordbruksoppgjeret, og ein gjer framlegg om ei løyving på 158,1 mill. kroner for 2006.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Det er no berre geitmjølk som får grunntilskott. For å sikre avsetning av geitmjølka og betre effekten av å auke produktiviteten i produksjonen blei satsen auka i 2006 frå 2,10 kroner pr. liter til 2,35 kroner pr. liter.
Formålet med distriktstilskottet er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Distriktstilskottet blir gitt med ulike satsar for mjølk produsert i vanskelegstilte område i Sør-Noreg og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer opp til 168 øre pr. liter.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 468,7 mill. kroner til pristilskott mjølk for 2006.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Underposten omfattar ordningane med grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt samt distriktstilskott for fjørfeslakt.
Formålet med grunntilskottet er å medverke til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris. Grunntilskottet skal vidare medverke til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren. Grunntilskottet for kjøtt blir no berre gitt til slakt av sau/lam og geit/ kje med høvesvis 3,81- og 5,15 kroner pr. kg kjøtt.
Formålet med distriktstilskotta er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøttproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for kylling og kalkun i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag er på 20 øre pr. kg. Satsane for distriktstilskottet på anna kjøtt varierer innanfor landet frå 0 og opp til 13 kroner pr. kg kjøtt. Dei høgaste satsane er for sau/lam i Nord-Noreg.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 633,2 mill. kroner til ordninga med pristilskott til kjøtt for 2006. Av dette utgjer grunntilskottet 105 mill. kroner, medan 527,2 mill. kroner er distriktstilskott.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i distrikta gjennom å jamne ut skilnader i lønnsemda i produksjonen. Satsen for distriktstilskott for egg er 40 øre pr. kg for Vestlandet (unntatt Rogaland), medan den er 100 øre pr. kg for Nord-Noreg.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 5,6 mill. kroner til ordninga i 2006.
Underpost 73.17 Distrikts- og kvalitetstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Underposten omfattar distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og veksthusgrønsaker og distriktstilskott for potetproduksjon i Nord-Noreg.
Formålet med ordningane er å betre inntekta for yrkesprodusentane innan grøntsektoren og sikre ein geografisk spreidd produksjon. Tilskottet skal stimulere til kvalitetsproduksjon og ordna omsetningsforhold.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 50 mill. kroner til ordninga med distrikts- og kvalitetstilskott for frukt, bær, grønsaker og potet i 2006.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Underposten omfattar frakttilskott til slakt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr.
Frakttilskotta skal medverke til å jamne ut prisar til produsent og forbrukar. Tilskott til mellomfrakt og engrosomsetting for kjøtt er under avvikling i perioden 2004-2006 og vil vere heilt avvikla i løpet av 2006.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 211,3 mill. kroner til frakttilskott for 2006, fordelt med 54,5 mill. kroner til slakt, 7 mill. kroner til egg og 149,8 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Prisnedskrivingstilskott til norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk korn gjennom marknadsordninga og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 409,6 mill. kroner for 2006.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Tilskott til matkorn blei frå 2004 flytta ut av jordbruksavtalen til kap. 1143 post 75. Ordninga har vore ei teknisk tilbakeføring av tollinntektene fråtrekt kostnadene med prisnedskriving av norsk matkorn. Avtalen i år inneber at tilskott til matkorn frå og med 2006, igjen blir flytta inn på jordbruksavtalen og omgjort til eit fast tilskott fråkopla tollinntektene. Dette vil medverke til å sikre at den avtalte reduksjonen i målprisen for matkorn får effekt vidare utover i verdikjeda, og gir meir stabile rammevilkår for den mjølbaserte næringsmiddelindustrien.
Ein gjer framlegg om at løyvinga frå 2005 på 67,3 mill. kroner vidareførast i 2006.
Ny underpost 73.21 Prisnedskriving av potetsprit
Løyvinga på denne posten er flytta frå underpost 70.11. Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit gjennom marknadsordninga for potet.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 19 mill. kroner til ordninga i 2006.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon | 1 212 423 | 1 053 100 | 1 026 100 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 294 786 | 2 121 665 | 2 145 066 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 025 383 | 3 032 819 | 3 025 819 |
74.18 | Andre arealbaserte tilskottsordninger | 204 646 | 173 901 | |
74.19 | Regionale miljøprogram | 56 100 | 340 000 | |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 80 720 | 79 700 | 79 700 |
74.21 | Ufordelt beløp | -35 000 | -35 000 | |
Sum post 74 | 6 817 959 | 6 482 285 | 6 581 685 |
For nærmare oversikt over satsar for dei ulike ordningane viser departementet til St.prp. nr. 69 (2004-2005) Om jordbruksoppgjøret 2006.
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, jamne ut skilnader i lønnsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg samt medverke til vidareføring av mjølkeproduksjonen i det sentrale Austlandsområdet. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere storfekjøttproduksjonen og styrkje økonomien i spesialisert kjøttfeproduksjon.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 026,1 mill. kroner for 2006. Av dette utgjer tilskottet til spesialisert kjøttfeproduksjon 41 mill. kroner.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og etter storleik på bruk i husdyrhaldet og gi ei betre utnytting av utmarksbeiteressursane. Ordninga skal òg støtte husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som bevaringsverdige.
Tilskottet blir gitt pr. dyr/slakt og blir avgrensa oppover med ei beløpsgrense. Grensa for maksimalt tilskott er sett til 250 000 kroner pr. føretak med samdriftskvote i mjølkeproduksjon og til 200 000 kroner for andre føretak.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 2145,066 mill. kroner i 2006 fordelt med om lag 1 905 mill. kroner til tilskott pr. dyr, 236 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 4 mill. kroner til bevaringsverdige husdyrrasar.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Ved jordbruksoppgjeret i 2002 blei det innført eit særskilt kulturlandskapstilskott med same sats pr. daa til alt jordbruksareal som fyllar vilkåra for arealtilskott. Etter jordbruksoppgjeret er dette kulturlandskapstilskottet på 187 kroner pr. daa. Tilskottet skal medverke til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Det er m.a. eit krav at alle føretak skal ha ein miljøplan. Miljøplanen skal medverke til ei meir miljøvennlig jordbruksproduksjon og til vedlikehald og forbetring av miljøgode og kulturlandskap.
M.a. for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt tilskott pr. dekar til grovfôr, korn, potet, frukt, bær og grønsaker som skal medverke til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, storleik på føretaka og distrikt innanfor planteproduksjon og husdyrproduksjon basert på grovfôr.
Av løyvinga på underposten har partane i jordbruksoppgjeret sett av 10 mill. kroner i 2006 som delfinansiering for å ferdigstille utviklinga av eit digitalt kartverk for heile landet fram til 2009. Ferdig utvikla vil dette gjere det enklare både for søkarane og for forvaltninga å målrette og kontrollere ordninga.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 3 025,8 mill. kroner for 2006.
Underpost 74.18 Andre arealbaserte tilskottsordningar
Underposten har omfatta ordningane tilskott til dyrking av fôr i fjellet, tilskott til endra jordarbeiding, tilskott til brattlendte bruk og tilskott til seterdrift med mjølkeproduksjon.
Frå 2006 vil løyvinga og alle tiltak under denne bli overført til regional forvaltning gjennom dei fylkesvise miljøprogramma på underpost 74.19.
Det blir ikkje gjort framlegg om løyving på denne underposten for 2006.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vann gjennom regionale og lokale tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Hedmark og Hordaland har vore pilotfylke for utprøvinga av regionale miljøprogram i 2005. For 2006 vil alle fylka i landet vere med i ordninga. Det inneber at miljøprogramma ligg til grunn for søknad om tilskott for heile landet frå søknadsomgangen i august 2005.
Rapportering tydar på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 340 mill. kroner i 2006, fordelt pr. fylke som vist i tabell under.
Tabell 2.17 Fylkesvis fordeling av midlar til miljøprogram for 2005, for utbetaling i 2006
Fylke | Mill. kr | Anslag pr. dekar |
---|---|---|
Østfold | 29,7 | 40 |
Oslo/Akershus | 40,0 | 53 |
Hedmark | 38,2 | 38 |
Oppland | 46,5 | 49 |
Buskerud | 19,6 | 40 |
Vestfold | 13,7 | 33 |
Telemark | 9,8 | 41 |
Aust-Agder | 2,7 | 25 |
Vest-Agder | 4,4 | 25 |
Rogaland | 19,4 | 24 |
Hordaland | 16,3 | 46 |
Sogn og Fjordane | 21,1 | 52 |
Møre og Romsdal | 13,5 | 24 |
Sør-Trøndelag | 19,8 | 28 |
Nord-Trøndelag | 23,0 | 27 |
Nordland | 12,9 | 24 |
Troms | 7,1 | 29 |
Finnmark | 2,1 | 24 |
Sum | 340,0 |
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Underposten dekkjer ordningane omleggingstilskott, arealtilskott og husdyrtilskott.
Dei ekstra tilskotta til økologisk areal og husdyrproduksjon blei samla på denne underposten frå 2004. Samtidlig blei tilskott til organisasjonar på det økologiske området flytta saman med dei andre tilskotta til organisasjonar til kap.1138 post 70. Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av landbruksproduksjonen i landet skjer i form av økologisk produksjon. Målet er at økologisk dyrka jordbruksareal skal utgjere opp mot 10 pst. i 2010.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 79,7 mill. kroner i 2006. Av løyvinga er det sett av 42,5 mill. kroner til omleggingstilskott og 37,2 mill. kroner i ekstra tilskott til økologisk areal og husdyr.
Underpost 74.21 Ufordelt beløp
I samband med at det blie gitt fritak for el-avgift eit halvt år i 2004 blei det lagt inn ein reduksjon i tilskotta på jordbruksavtalen med ein tilsvarande sum som ei negativ løyving. Ved jordbruksoppgjeret i 2005 blei det funne dekning for dette for budsjettåret 2005, medan den negative løyvinga blei ståande for 2006. Det inneber at avtalepartane må finne dekning for dette ved utmålinga av tilskottssatsar i samband med endeleg fastsetjing av tilskottssatsar i februar og juni 2006.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 82 819 | 81 860 | 81 110 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 705 | 7 000 | 7 020 |
77.13 | Tilskott til forsøksringar og forsking | 71 308 | 69 400 | 69 400 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 27 200 | 23 200 | 23 200 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 32 195 | 35 650 | 34 240 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 8 100 | 8 000 | 8 000 |
77.18 | Oppkjøp av mjølkekvoter | |||
Sum post 77 | 222 326 | 225 110 | 222 970 |
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Løyvinga skal medverke til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa vårt miljø. Den kan òg dekkje tiltak for bevaringsverdige husdyrrasar. Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og medverke til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester. Frå 2003 er tilskott til avlsorganisasjonar samla på denne posten.
Frå 2006 blir tilskott til genressursar, miljø og ressursregistreringar på 0,75 mill. kroner ført over til kap. 1139 post 71. For 2006 er det rekna 30 mill. kroner til semintenester, 38,3 mill. kroner til veterinærreiser og 12,8 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 81,1 mill. kroner for 2006.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med tilskottet er å fremme frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott.
Garantiordning for settelauk tilsvarande 0,020 mill. kroner blir flytta frå LUF til denne ordninga.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 7,02 mill. kroner for 2006.
Underpost 77.13 Tilskott til forsøksringar og forsking
Underposten skal dekkje tilskott til forsøksringar og midlar til forsking over jordbruksavtalen. Tilskottsordninga skal medverke til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i forsøksringane, slik at desse ved hjelp av tilskottet og eigenfinansiering kan drive rådgiving som er lønnsam for medlemmane. Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Frå 2003 blei løyvingar til forsking frå fleire postar samla på denne underposten. Forskingsmidlane blir administrert av eit eige styre. For 2006 blei partane i jordbruksoppgjeret samde om at 8 mill. kroner av løyvinga skal øyremerkast forsking på økologisk jordbruk.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 69,4 mill. kroner for 2006. Tilskottet til forsøksringane utgjer 33,4 mill. kroner og ramma for forsking er 36 mill. kroner.
Underpost 77.14 Tilskott til pelsdyrfôr
Underposten omfattar tilskott til pelsdyrfôrlag og tilskott til pelsdyrfôr (fôrrefusjon). Formålet med tilskott til pelsdyrfôrlag er å medverke til utjamning av fraktkostnadene ved innfrakt av råstoff til fôrkjøkken og utfrakt av ferdig fôr til pelsdyrfarmane. Ordninga skal fremme ei rasjonell omsetning av fôr til pelsdyr.
Tilskott til pelsdyrfôr er ein refusjon av fôrkostnader knytt til meirkostnader som følgje av det norske grensevernet på korn og kornsubstitutt, medan pelsdyrskinn ikkje har noko grensevern. Refusjonsordninga skal medverke til at fôrkostnadene i næringa, som følgje av det høge prisnivået på korn og kraftfôr i Noreg, blir likestilt med fôrkostnadene på verdsmarknaden. Formålet er å gi norskproduserte pelsdyrskinn likeverdige konkurranseforhold med andre land.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 23,2 mill. kroner i 2006. Løyvinga er fordelt med 17,8 mill. kroner til frakt av pelsdyrfôr og 5,4 mill. kroner i kostnadskompensasjon til pelsdyrfôr.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Underposten inneheld fleire ordningar som skal medverke til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe norsk hagebruk plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet. Tilskottet til opplysningsarbeidet om frukt, bær og grønsaker er ei kollektiv finansiering over jordbruksavtalen framfor via omsetningsavgift, og skal stimulere til auka totalforbruk av frukt, bær og grønsaker. For å fremme omsetninga av norskproduserte poteter kan det gis tilskott til tiltak for å betre potetkvaliteten, til produsentsamanslutningar og til produsentretta informasjon om marknadstilhøva. Ei ordning med tilskott til økologiske settepoteter tilsvarande 0,9 mill. kroner er flytta frå LUF til denne underposten.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 34,24 mill. kroner i 2006 som er fordelt som følgjer:
Produsentretta rådgiving vedrørande potet og støtte til produsentsamanslutningar 2,5 mill. kroner
Opplysningsverksemd frukt, grønt og potet 5,5 mill. kroner
Utvikling av plantemateriale 8,2 mill. kroner
Kvalitetstiltak settepotetavl 6,35 mill. kroner
Handlingsplan plantevernmiddel 12,5 mill. kroner
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt som medverkar til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8 mill. kroner til ordninga i 2006.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 050 901 | 1 049 819 | 1 071 819 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 140 302 | 169 800 | 147 800 |
78.13 | Medlemsavgift til folketrygda | 130 800 | 130 800 | 130 800 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 88 000 |
78.15 | Andre velferdstiltak | 42 191 | 39 000 | 28 000 |
78.16 | Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 119 024 | 119 935 | 124 935 |
Sum post 78 | 1 571 217 | 1 597 354 | 1 591 354 |
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/ fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar i onneperiodar skal kunne ta ferie, få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å medverke til finansiering av innleie av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar pr. dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag og dyretal på føretaka og er avgrensa til maksimalt 50.000 kroner pr. føretak. For å ha krav på refusjon må utrekna refusjonsbeløp vere minst 5 000 kroner. Tilskottet blir gitt for faktiske lønnsutgifter etter rekneskap og lønns- og trekkoppgåver.
For 2006 gjer ein framlegg om ei løyving på 1 071,819 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å medverke til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren av særlege grunnar, og for eit kortare tidsrom ikkje kan ta del i arbeidet på bruket. Ordninga medverkar òg til å finansiere avløysing på driftseiningar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følgje av sjukdom ikkje kan ta del i arbeidet på driftseininga i onnetida.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 147,8 mill. kroner for 2006.
Underpost 78.13 Medlemsavgift til folketrygda
Av den pensjonsgivande inntekta innanfor jordbruk, husdyrhald, hagebruk, gartneri og skogbruk skal den enkelte brukaren betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta som lønnsmottakarar betaler. Skilnaden mellom avgifta som er fastsett for sjølvstendig næringsdrivande (10,7 pst.) og avgifta som skal betalast av den enkelte brukaren (7,8 pst.), blir finansiert over jordbruksavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i pensjonsgivande inntekt i jord- og skogbruk. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 130,8 mill. kroner for 2006.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir ytt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget frå 1. dag. Ordninga er rekna som kollektiv forsikring som ikkje gir rett til frådrag ved likninga. Løyvinga blir rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei jordbrukarane som går inn under ordninga. Midlane blir førte over sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 88 mill. kroner til ordninga for 2006.
Underpost 78.15 Andre velferdstiltak
Underposten omfattar tilskott til landbruksvikarordninga, administrasjonstilskott til avløysarlag og tilskott til landbrukshelsa.
Landbruksvikarordninga skal medverke til at kommunane tilset landbruksvikarar for å betre brukaren sin tilgang til avløysar først og fremst ved akutte krisesituasjonar.
Gjennom ordninga med administrasjonstilskott til avløysarlag har godkjende avløysarlag kunne søkje om tilskott til dekning av administrasjonsutgifter etter ein fast sats pr. medlem. Tilskottsordninga skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlasting i onna gjennom å medverke til finansiering av drifta av avløysarlag. I 2005 var overføringane til ordninga 11 mill. kroner.
For å bidra til at kommunane kan oppretthalde si landbruksvikarteneste er partane einige om at administrasjonstilskottet til avløyserlag blir avvikla f.o.m. 2006, og at 5,5 mill. kroner av midlane blir nytta til å styrkje tilskottsordninga for landbruksvikarverksemd gjennom å auke tilskottssatsen frå 52 500 til 78 750 kroner pr. landbruksvikar. Dette blir gjort for å sikre at primærprodusentane har tilgang på arbeidshjelp ved akutte kriser. Det er sett av 13 mill. kroner til ordninga i 2006.
Landbrukshelsa er ei ideell stiftelse oppretta av Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Den har som formål å organisere eit effektivt arbeid med helse-, arbeidsmiljø og tryggleik (HMS) i landbruket. Verksemda skal gi eit førebyggande tilbod til alle gardbrukarar og tilsette i landbruket. Landbrukshelsa skal medverke til at gardbrukarane sjølve tek ansvar for å betre arbeidsmiljøet sitt, og for å skape ein sikker og triveleg arbeidsplass og eit trygt oppvekstmiljø for barna. Det blir sett av 15 mill. kroner til ordninga i 2006.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 28 mill. kroner for 2006.
Underpost 78.16 Tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å medverke til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 124,935 mill. kroner for 2005.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen (jf. kap. 1150)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilbakebetaling av tilskott til reguleringsanlegg | 9 500 | ||
80 | Marknadsordninga for korn | 80 297 | 145 000 | 145 000 |
Sum kap. 4150 | 89 797 | 145 000 | 145 000 |
Post 80 Marknadsordninga for korn
Posten budsjetterer inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer. Ordninga med å påleggje prisutjamning på proteinråvarer og karbohydratfôr som ikkje er importert med toll, har som formål å sikre tilnærma like vilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr.
Ut frå dei prisar som gjeld på verdsmarknaden for m.a. soya, sildemjøl og norsk korn gjer ein framlegg om ei løyving i 2006 på 145 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 36 500 | 33 500 | 34 300 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 5 600 | 5 800 | 5 900 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott , kan overførast | 52 373 | 53 900 | 50 500 |
79 | Velferdsordningar | 1 800 | 1 800 | 1 800 |
82 | Kompensasjon for kostnader vedkommande radioaktivitet i rein | 2 859 | ||
Sum kap. 1151 | 99 132 | 95 000 | 92 500 |
Mål og strategiar
Kapitlet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen og ordninga med kompensasjon for kostnader vedkomande radioaktivitet i reinkjøtt.
Dei mål og retningslinjer som ligg til grunn for reindriftspolitikken er trekte opp i St.meld. nr. 28 (1991-92) En bærekraftig reindrift, og Innst. S. nr. 167 (1991-92), samt dei justeringar og nye moment som er vektlagde ved Stortingets si behandling av den årlege reindriftsavtaleproposisjonen og ved den årlege behandlinga av statsbudsjettet. Hovudstrategien er å skape ei meir berekraftig reindrift. Med dette forstår ein ei reindrift som har økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Desse tre måla står i ein innbyrdes samanheng: Økologisk berekraft gir grunnlag for økonomisk berekraft, og saman gjer økologisk og økonomisk berekraft det mogleg å utvikle kulturell berekraft.
Reindrifta er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor verdi når det gjeld økonomi, sysselsetjing og kultur. Reindrifta er derfor ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken.
For nærmare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken viser ein til omtale under kat. 15.30 og til St.prp. nr. 63 (2004-2005) og Innst. S. nr. 226 (2004-2005). Nærmare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapitlet går fram av budsjettframlegget for 2006.
Resultatrapport 2004
Reindrifta føregår i store deler av landet og under ulike forhold og vilkår. Utfordringane er mange og samansette. Stabile vilkår er ein føresetnad innanfor reindriftsnæringa. Det er ei utfordring innanfor alle områda å få til auka verdiskaping for næringsutøvarane, m.a. gjennom auka lokal foredling. Eit problem som er blitt meir synleg dei siste slaktesesongane er mangelfull samordning mellom produksjons- og omsetningsledda. Reindrifta må òg sjølv sikre at distribusjons- og marknadskanalane fungerer for å få omsett kjøttet.
Totalregnskapet for reindrifta 2004 viser ei positiv endring i resultatmåla frå 2002 til 2003. Vederlag for arbeid og eigenkapital aukar frå 139,1 mill. kroner i 2002 til 158,5 mill. kroner i 2003 (14 pst.). Målt pr. årsverk aukar vederlag for arbeid og eigenkapital frå 136 600 kroner i 2002 til 153.900 kroner i 2003 (13 pst.). Auken kan relaterast til ein auke av reinhjordverdien. Førebels rekneskapstal for 2004 viser ein ytterlegare betring av resultatmåla når ein ser bort frå reinhjordverdien. Hovudårsaka til auken er at det er slakta langt fleire dyr i 2004 enn i 2003. Sjølv om den økonomiske situasjonen samla sett er bedra, er det viktig å vere medviten på at det er store regionale skilnader.
Med bakgrunn i den auka reinhjordverdien i Finnmark har det ligge til rette for vesentleg betring av det økonomiske resultatet. Bakgrunnen for dette er at tilveksten har vore større enn både tapa og slakteuttaket. Dette er gjort mogleg grunna gunstige klimatiske forhold som m.a. har medført at beite har blitt meir tilgjengeleg. Derimot viser slaktedata ein klar vektreduksjon hausten 2004 for enkelte distrikt i Vest-Finnmark reinbeiteområde. Dette skjer på trass av gunstige klimatiske forhold.
Rovdyrtap og arealinngrep er framleis store utfordringar i dei fleste områda. Medan tap grunna rovdyr utgjer store tal i Nord-Noreg er det for områda lenger sør særleg viktig å auke innsatsen for sikring av reindrifta sine areal.
Radioaktivt nedfall etter Tsjernobylulukka i 1986 skapar framleis ekstra kostnader for reindriftsnæringa. Ein tiltakspakke blir finansiert av staten for å halde næringsutøvarane i reindrifta økonomisk skadeslause.
Reindriftsavtalen for 2005/2006
Avtalen legg vekt på å følgje opp dei føresetnadene som ligg i St.meld. nr. 28 (1991-1992) og Innst. S. nr. 167 (1991-1992). Reindriftsavtalen for 2004/ 2005 har ei ordinær ramme på 92,5 mill. kroner eksklusive midlar til tiltak mot radioaktivitet. Dette er ein reduksjon på 2,5 mill. kroner i forhold til Reindriftsavtalen 2004/2005 etter vedteke budsjett for 2005.
Regjeringa sin reindriftspolitikk er basert på Stortinget sine føresetnader og ut frå den situasjonen ein står overfor i næringa. I reindriftsavtalen for 2003/2004 blei dei økonomiske ordningane lagt vesentleg om - frå ordningar som i stor grad har vore faste summar pr. driftseining til ordningar som premierar produksjon og verdiskaping. Disse endringane, saman med innføringa av skattefrådraget, inneber at det er lagt til rette for auka produksjon og verdiskaping frå næringa og dermed på sikt ei større økonomisk berekraft. Vidare viser erfaringar at endringane har stimulert til auka slakteuttak av rein.
Resultatet av forhandlingane inneber ein reindriftsavtale som legg til rette for å stimulere til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gitte rammer. Dette underbyggjer den dreiing ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med eit større næringsretta fokus og ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudnæring. Dei produksjonsavhengige tilskotta er vidareførte. Dette er sentralt for å halde reintalet nede og i balanse med naturen si bereevne. Derimot er terskelverdien som genererer dei direkte tilskotta, samt andre tilskott der dette er naturleg, heva frå 30 000 kroner til 50 000 kroner. Dette tiltaket vektlegg driftseiningane sin produksjon ytterlegare.
I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen til avtalen semje om finansiering av tiltak mot radioaktivitet i reinkjøtt.
Budsjettframlegg 2006
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2006 i samsvar med Stortinget si behandling av reindriftsavtalen for 2005/2006, jf. Innst. S. nr. 226 (2004-2005). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for føremål og innhald i dei ulike ordningane. For nærmare omtale viser ein til St.prp. nr. 63 (2004-2005) og Innst. S. nr. 226 (2004-2005). Når det gjeld tilskottsforvaltninga, har ein til dels same behov for avvik i forhold til normalprosedyren fastsett i Bestemmelser om økonomistyring i staten som for ordningane under jordbruksavtalen. Dette gjeld ordningar under post 75 med omsyn til kriterium for måloppnåing, rapportering, kanalisering av midlane og kontroll. Når det gjeld post 79, utgjer forvaltninga berre overføring av midlar til Folketrygda. Ein viser elles til omtalen av tilpassing til økonomiregelverket under kat. 15.00.
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Reindrifta sitt utviklingsfond kan nyttast til praktiske tiltak i næringa som t.d. investeringar i anlegg til bruk i utøvinga av reindrift og investeringar knytte til tilleggsnæringar. Fondet kan òg gje støtte til faglege tiltak til fremjing av reindrifta, samt støtte til tiltak av allmenn interesse for samisk kultur. Fondet kan yte lån eller tilskott knytte til etablering i næringa.
Frå fondet blir det gjort følgjande avsetjingar:
4,5 mill. kroner til forsking og rettleiing for 2005,
2,0 mill. kroner til Samisk utviklingsfond for å støtte opp under kombinasjonsnæringar der reindrifta går inn som ein komponent
1,0 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak
7,7 mill. kroner over RUF til verdiskapingsprogrammet for reindrift
Inntil 6,0 mill. kroner til innløysing av driftseiningar og andre strukturtiltak i distrikt der det trengst tiltak for tilpassing av talet på driftseiningar og rein,
1,0 mill. kroner til kvinneretta tiltak
2,2 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga
3,0 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 34,3 mill. kroner for 2006.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskotet til NRL er føreslått auka med 100 000 kroner til 5,9 mill. kroner. Auken er øyremerka til NRL si leiing av Kontaktforumet for reinkjøtomsetning. Ordninga med HMS tiltak i reindrifta blir vidareført med ei løyving på 200.000 kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
75.11 | Frakttilskott | 2 392 | 1 000 | 2 500 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 36 296 | 36 400 | 34 000 |
75.13 | Distriktstilskott | 9 629 | 10 000 | 8 000 |
75.14 | Driftstilskott for Troms og Nordland | 80 | ||
75.15 | Slakttilskott til feltslakteri og mobile slakteanlegg | 1 500 | 1 000 | |
75.18 | Tidlegslaktetilskott i Finnmark | 3 975 | 5 000 | 5 000 |
Sum post 75 | 52 373 | 53 900 | 50 500 |
Tilskotta skal medverke til å fremme ei berekraftig reindrift, kvalitet, produktivitet, heve inntekta, samt verke utjamnande mellom einingar i næringa. Ein gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 50,5 mill. kroner for 2006 som er ein reduksjon på 3,4 mill. kroner i forhold til 2005, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Føremålet med frakttilskottet er å medverke til å jamne ut prisane på reinkjøtt til reineigarane i ulike distrikt. Ein gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til driftseiningar og tamreinlag
Dette tilskottet er inndelt i fylgjande ordningar:
Produksjonspremie: Føremålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Driftseiningane sin produksjonspremie blir rekna med 25 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Ved sal av livdyr blir det rekna produksjonspremie berre i tilfelle der kjøparen har fått livdyrlån etter Forskrift om Reindriftens Utviklingsfond kap. 2. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 400 000 kroner pr. driftseining og 1 000 000 kroner pr. tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av driftseininga. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 19,5 mill. kroner til produksjonspremie.
Driftstilskott: Føremålet med ordninga er å kompensere for nokon av utgiftene i reindrifta. Tilskottet blir utbetalt med ein sats på 10 000 kroner pr. driftseining i alle reinbeiteområda. I dei driftseiningane kvinner står som enkeltinnehavarar og/eller driftsinnehavaren er under 30 år pr. 1. januar 2006, er driftstilskottet på 25 000 kroner. Det er sett av 5,5 mill. kroner til driftstilskott.
Kalveslaktetilskott: Det er sett av 6 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott. Satsen for tilskottet er vidareført med 150 kroner pr. kalv. Kalveslaktetilskottet er avgrensa til å gjelde slakt i perioden frå 15.08.05 – 31.12.05 for å stimulere til størst mogleg haustslakting.
Ektefelletillegg: Som eit ledd i ein kvinne- og familiepolitikk blir det utbetalt eit ekstra driftstilskott med ein sats på 25 000 kroner til dei driftseiningar der begge ektefelle driv aktiv reindrift. Eit slikt tilskott fell bort dersom ein av ektefellane ved siste likningsoppgjer har meir enn 150 000 kroner i brutto inntekt utanom reindrifta. Det er sett av 3 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Ein gjer framlegg om ei samla løyving på 34 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Føremålet med distriktstilskottet er å medverke til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Tilskottet skal òg gje grunnlag for at distrikta skal ha ansvar for finansiering av kostnader ved avløysing under sjukdom og svangerskap utover dei allmenne ordningane i Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 8 mill. kroner.
Underpost 75.15 Slakttilskott til feltslakteri og mobile slakteanlegg
Føremålet med tilskottet er å styrkje stillinga til desse slakteria ved å kompensere for ein del av meirkostnadene dei har i forhold til dei stasjonære slakteria med noverande tilskottsordningar. Satsen for tilskottet er 3 kroner pr. kg rapportert slakt.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner
Underpost 75.18 Tidlegslaktetilskott i Finnmark og Troms
Ordninga med tidlegslaktetilskott blei innført i slaktesesongen 1993/94 grunna dei særlege problema knytt til vinterbeita i Finnmark og Troms. Føremålet med ordninga er å medverke til at rein blir slakta tidleg på hausten. Dette for å redusere trykket på marginale lavbeite, samt for å oppnå best mogleg kvalitet på kjøtt og biprodukt. Satsane frå driftsåret 2004/2005 blir vidareførde.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner.
Post 79 Velferdsordningar
Posten omfattar ordninga med Medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga.
Den enkelte reineigar skal betale ei avgift til folketrygda som er lik den avgifta lønsmottakarane betalar. Skilnaden mellom den avgifta som er fastsett for private næringsdrivande (10,7 pst.) og den avgifta som skal betalast av den enkelte reineigar (7,8 pst.) blir finansiert over reindriftsavtalen. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i utviklinga i pensjonsgjevande inntekt i reindrifta.
Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførde sentralt til Folketrygda.
Ein gjer framlegg om ei løyving på 1,8 mill. kroner.
Ordninga med tidlegpensjon blir vidareførd, men med den endring at satsen for einbrukarar blir justert frå 85 000 kroner til 90 000 kroner, og for tobrukarar frå 136 000 kroner til 144 000 kroner. Ordninga blir finansiert over Reindrifta sitt utviklingsfond.Særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap blir ført vidare. Tilskottet skal medverke til å styrkje stillinga til reindriftskvinnene. Tilskottet blir forvalta av Reindriftsforvaltninga og finansiert over Reindrifta sitt utviklingsfond.
Kap. 1161 Statskog SF - forvaltningsdrift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Tilskott til forvaltningsdrift | 16 922 | 16 922 | 17 703 |
73 | Avviklingskostnader | 40 | 232 | |
75 | Oppsyn i statsalmenningar | 6 929 | 6 929 | 7 151 |
Sum kap. 1161 | 23 891 | 24 083 | 24 854 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag 1/3 av landarealet, i alt 110 000 km2. Ved etablering av Finnmarkseigedommen blir dette arealet redusert med areala i Finnmark, som utgjer om lag 40 000 km2.
Ei generell omtale av føretaket er teke inn i kap. 5652, post 80 Innskottskapital i Statskog SF.
Forvaltningsoppgåvene som Statskog SF gjer på oppdrag for Landbruks- og matdepartementet omfattar både lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver.
Målet for Statskog SF sitt arbeid med forvaltningsoppgåvene er å sikre at dei rettar bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir ivaretekne i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningslinjer. Føretaket skal og arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar.
Forvaltningsoppdraget er regulert i ei eiga avtale. Departementet styrer aktiviteten gjennom tildelingsbrev og styringsmøte på same måten som anna forvaltningsverksemd.
Lovpålagde oppgåver
Innanfor skogbruk følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark, og oppgåvene er særleg knytt til vedutvising i Finnmark og til virkesutvising i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Statskog SF gjer òg grunneeigaroppgåver som ikkje gir inntekt. Verksemda følgjer av lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark og det særlege samfunnsansvaret Statskog SF har som dominerande grunneigar i fylket. Tidlegare fall òg grunneigaroppgåvene i statsallmenningar innanfor dette. Utgiftene til desse oppgåvene blir f.o.m. 2000 dekt over grunneigarfondet, jf. Innst. S. nr. 8 (1999-2000).
Vidare gjer Statskog SF offentlegrettslege oppgåver, der føretaket handlar som offentleg styresmakt, behandlar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova, lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane og lov om statens umatrikulerte grunn i Finnmark. Administrasjonsutgiftene knytt til tilskottsforvaltninga for post 75 går òg inn her.
Ikkje lovpålagde oppgåver
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje ikkje lovpålagde oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningslinjer frå departementet.
Statskog SF har sidan 1980-talet utvikla eit feltapparat knytt til naturoppsyn og forvaltning av statens grunn i Nordland, Troms og Finnmark. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging medverke til sikring av naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Tenesta omfattar eit geografisk areal på knapt 80 mill. daa. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgjevarar, m.a. miljøvernstyresmaktene. Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom Statskog SF og Statens Naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO i Nord-Noreg. Forvaltning av fiske i Finnmark er underlagd særlege ordningar. Statskog SF har oppgåver i denne samanheng som knytt seg til planlegging, forvaltning og tilrettelegging for fiske i vatn og vassdrag. Det er eit stor samfunnsansvar å forvalte m.a. 50 laksevassdrag.
Tilrettelegging for friluftslivet vil vere ei hovudoppgåve for Statskog SF i åra framover. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive jakt, fiske og anna friluftsliv på føretakets areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket ope husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Resultatrapport 2004
På post 70 er det i 2004 rekneskapsført 16,922 mill. kroner som er i samsvar med løyvinga. Om lag 31,5 pst. av utgiftene er knytt til dei lovpålagde oppgåvene. Det var større aktivitet innan friluftsliv, oppsyn og skogbruk, men mindre aktivitet knytt til dei andre ikkje lovpålagte oppgåvene.
Lovpålagde oppgåver
I alt 28 100 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda. Dette utgjer 51 pst. av balansekvantumet i statsallmenningar ved virkesrett. Alle aktuelle allmenningar har ferdig skogbruksplan.
Vidare utgjer utvisninga av ved i Finnmark 11 300 m3. I 2003 blei det tatt initiativ til å utarbeide ein plan for heilskapleg forvaltning av lauvskogen i Finnmark. Ressurskartlegginga er no ferdigstilt og forvaltningsplan for desse ressursane skal ferdigstillast innan utgangen av 2005.
Rekneskapet syner at det i 2004 blei brukt 2,4 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane og til utvisning av ved i Finnmark.
Vidare syner rekneskapen at det i 2004 blei brukt 1,5 mill. kroner til grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt og 1,4 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver.
Ikkje lovpålagde oppgåver
Det blei i 2004 brukt 1,7 mill. kroner til fiskeordningane i Finnmark, noko som er 0,2 mill. kroner mindre enn i 2003. Oppgåvene innan fiskeordningane knytt seg til planlegging, forvaltning og tilrettelegging for fiske i vatn og vassdrag. Til friluftsliv og anna tilrettelegging blei det i 2004 brukt 4,5 mill. kroner, noko som er 1,4 mill. kroner meir enn året før og ein auke som er i tråd med tildelingsbrevet frå departementet. Tiltaka omfattar fysisk tilrettelegging, deltaking på ulike type arrangement, utarbeiding av friluftsplanar m.v.
Til oppsyn i Nord Noreg (fjelltenesta) syner Statskog SF si rapportering at det i 2004 blei nytta 5,4 mill. kroner, noko som er 0,5 mill. kroner meir enn i 2003. Det blei utført 1 310 dagsverk til føremålet. Det blei i 2004 lagt auka vekt på oppsyn og kontakt med reindriftsutøvarane.
Fond knytt til forvaltningsoppgåvene
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond kalla Grunneigarfondet. Bruken av Grunneigarfondet som pr. 31.12.2004 var på 21,058 mill. kroner, er regulert i §12 i fjellova. Fondet skal etter samråd med Fjellstyresambandet m.a. brukast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønnsame arbeidsplassar. Frå og med 2000 har Grunneigarfondet blitt redusert grunna auka utbetaling av tilskott til godkjente tiltak i statsallmenningane og omlegging av finansiering av grunneigaroppgåver som ikkje gir inntekt frå statsbudsjettet til Grunneigarfondet m.v.
Allmenningsfonda som pr. 31.12.2004 var på 23,6 mill. kroner, skriv seg frå salshogstar og erstatning for barskogvern med vidare i underskottsallmenningane. Fonda skal saman med skogavgiftsfonda brukast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenning.
Oppsyn i statsallmenningane
I fjellova § 36 er det gitt føresegn om at fjellstyret har krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene til oppsynsordning som departementet har godkjent av statskassa. Ordninga har til formål å fremme og sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.
I 2004 blei det over post 75 gitt 6,929 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane.
Budsjettframlegg 2006
Post 70 - Tilskott til forvaltningsdrift
Posten femner middel til Statskog SF sitt arbeid med lovpålagde og ikkje lovpålagde oppgåver, det vil seie dei oppgåvene som inngår i forvaltningsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet til Statskog SF.
Statskog SF si rapportering syner at det er eit stort ressursbehov knytt til ny taksering av skogressursane i statsallmenningane, oppgåver i samband med reindrifta, i arbeid med prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar og i oppfølginga av nasjonal strategi for naturbasert næringsutvikling knytt til fjell- og verneområda.
Gjennomgang av refusjonsordninga for fjellstyra og vidare arbeide med seterregisteret vil òg vere viktige oppgåver i 2006
Statskog SF har ut over dette store utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære, stigar, bruer mv. som treng opprustning. Det er generelt eit stort etterslep òg med omsyn til vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør vedlikehaldast sjølv om dei ikkje har offisiell vernestatus.
Det er behov for ein høg aktivitet når det gjeld tilsyn med Statskog SF sine areal. Dette m.a. for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. I tillegg er det stort behov for service overfor og tilsyn med brukarar av utmarka som ikkje gir inntekter. Døme på slike brukarar er reindriftsnæringa (arealbrukskonfliktar og auka jegertrykk), forsvaret (grunn som ikkje blir festa, men rekvirerast ved øvingar) og eigedommstilsyn i forhold til ulovlege byggverk m.m. Dette er m.a. viktige oppgåver for Fjelltenesta i Nord Noreg.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,703 mill. kroner.
Post 75 Oppsyn i statsallmenningane
Posten dekkjer tilskott til fjellstyra sine oppsynsordningar i statsallmenningane i samsvar med §36 i fjellova som lyder: «Fjellstyret kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn kan gjevast politifullmakt etter §15 i lov 13. mars 1936 nr. 3 om politiet. Oppsynsmenn blir lønna av fjellkassa. Når tilsetjinga er skjedd i samsvar med oppynsordning som departementet har godkjent, har fjellstyret krav på å få refundert halvparten av lønnsutgiftene av statskassa. Fjellstyret gir instruks for oppsynstenesta. Instruksen skal godkjennast av departementet». Formålet med ordninga er å sikre viktige samfunnsinteresser i område der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. daa tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for befolkningas rekreasjon og lokal næringsutvikling. Om lag 38 pst. av arealet er verna.
Fjelloppsynet har til oppgåve å medverke til ei berekraftig bruk av statsallmenningane og sikre samfunnsinteresser der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Dei skal vidare førebyggje miljøkriminalitet og bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldt, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF/Norsk Utmark SF) m. m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervakning og kontroll. Fjelloppsynet omfattar i dag om lag 60 årsverk.
Landbruks- og matdepartementet vil i samarbeid med Miljøverndepartementet bidra til å gjere tydleg samarbeidsbehov og rolleforståing når det gjeld statleg oppsyn i statsallmenningar og forholdet mellom Statens natturoppsyn og fjellstyra sine oppsynsordningar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,151 mill. kroner.
Kap. 5545 Miljøavgifter i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
71 | Miljøavgift, plantevernmiddel | 85 423 | 75 000 | 75 000 |
Sum kap. 5545 | 85 423 | 75 000 | 75 000 |
Miljøavgift er eit av fleire verkemiddel for å nå nasjonale og internasjonale miljømål. Gjennomføringa av tiltaka er dokumentert i systemet med resultatkontroll i jordbruket.
Post 71 Miljøavgift, plantevernmiddel
Plantevernmiddel blir plasserte i sju avgiftsklasser i forhold til helse- og miljørisiko. Avgifta er arealbasert og differensiert etter midla sin risiko for helse- og miljøskadar.
Det er starta opp ein ny femårig handlingsplan for redusert bruk av plantevernmiddel for perioden 2004-2008. Omsetningstala syner at ein har fått ein overgang til plantevernmiddel i lågare avgiftsklasser, dvs. middel med lågare miljø- og helserisiko.
For at avgifta skal få tilstrekkeleg effekt i forhold til målsetjinga knytt til plantevernmiddel, vurderast nivået på avgifta i samband med dei årlige budsjettframlegga. I tråd med framlegget i St.prp. nr. 1 (2004-2005) blei avgiftsnivået auka med 25 pst. frå 01.01 2005. Det blir lagt til grunn uendra avgiftsnivå for 2006.
Kap. 5571 Totalisatoravgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
70 | Avgift | 99 051 | 89 000 | 96 000 |
Sum kap. 5571 | 99 051 | 89 000 | 96 000 |
Post 70 Avgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2004 blei den samla omsetninga på totalisatorspel 2 646 mill. kroner. Dette var ein auke på 232 mill. kroner frå året før. For 2005 er det budsjettert ut frå ei samla omsetning på om lag 2 600 mill. kroner. For 2006 gjer ein framlegg om ei løyving under posten på 96 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetninga.
Omsetninga på totalisatorspelet har vore noko varierande dei siste åra, med ein viss nedgang i åra 2002 og 2003, medan den i 2004 var attende på same nivået som i 2001.
Eit internasjonalt speleselskap har stemna Landbruks- og matdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet for å få heva den monopolsituasjonen som dei norske spelselskapa har på den norske marknaden. Tilsvarande søksmål er reist mot fleire europeiske land.
For å hindre uønskt reklame, er det no fastsett reglar for å avgrense marknadsføringa av lovlege spel.
Lotteri og stiftingstilsynet har fått oppgåva å kontrollera alt spel her i landet. Dette inneber òg ansvaret for kontroll med at totalisatorspelet er i samsvar med det spelereglement som er godkjent av Landbruks- og matdepartementet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 | Pst. endr. 05/06 |
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 765 | 750 | 750 | 0,0 |
5652 | Innskottskapital i Statskog SF | 9 500 | 8 500 | 8 500 | 0,0 |
Sum kategori 15.40 | 10 265 | 9 250 | 9 250 | 0,0 |
I kategorien er utbytte frå Graminor AS, Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS, Staur Gård AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Statskog SF budsjettert.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Utbytte | 765 | 750 | 750 |
Sum kap. 5651 | 765 | 750 | 750 |
Post 80 Utbytte
Graminor AS
Graminor AS driv foredling og oppformering av plantevekstar og har ansvar for å vere genbank av ei rekkje arter. Selskapet mottek lisens- og foredlaravgift ved omsetting av sjukdomsfritt materiale i marknaden og midlar frå ulike FoU-løyvingar nasjonalt og internasjonalt, jf. òg omtale under kap. 1143 post 74 når det gjeld statleg tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering.
Statens eigardel i selskapet er no 34,1 pst. Ein viser til St.prp. nr. 25 (2002-2003) der det blei lagt til grunn at statens samla eigarengasjement i Graminor AS minimum skal vere 34 pst. som basis for å sikre eigar- og samfunnsinteressene når det gjeld planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde ein omsetning på 38,6 mill. kroner og eit overskott etter skatt på 0,8 mill. kroner i 2004. Det blei ikkje teke ut utbytte. Det blir heller ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2006, m.a. fordi kapitalbehovet til verksemda i det omstrukturerte selskapet er stort.
Staur Gård AS
Staur Gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur gard. Garden er i statleg eige for å sikre bruk av garden til forsking og utvikling, møteverksemd og representasjon. Samtidig er det ei viktig og krevjande oppgåve å halde vedlike den spesielle eigedommen på ein slik måte at eigenarta blir tatt vare på. Selskapet blei etablert for å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse samfunnsmessige omsyn.
Staur Gård AS hadde i 2004 ein omsetnad på 4 mill. kroner og eit underskott på 0,5 mill. kroner. Underskotet har m.a. samanheng med redusert gjestegardsverksemd i samband med ombygging. Det blir ikkje budsjettert med utbytte frå selskapet i 2005. Ein viser elles til omtale under kap. 1100 post 70.
Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO)
VESO er ei kunnskapsbedrift med fagleg fundament i norske veterinærmedisinske og liknande miljø. Landbruks- og matdepartementet eig 51 pst. av aksjane. Dei resterande 49 pst. av aksjane er eigd av SIVA. Omsetnaden i 2004 var på 183,9 mill. kroner. Dette inneber ein auke i omsetnaden på vel 15 mill. kroner. frå 2003. Den største delen av omsetnaden er knytt til norsk oppdrett og akvakultur. Resultatet etter skatt blei 0,46 mill. kroner. Det blei utbetalt eit utbytte til Landbruksdepartementet på 0,75 mill. kroner for 2004. Dette utbyttet er i samsvar med målsetjinga for selskapet. Ein budsjetterer med 0,75 mill. kroner i utbytte frå selskapet i 2006 ut frå føresetnaden om ein statleg eigardel på 51 pst.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS blei etablert 01.07.2004 etter at det tidlegare Såvarelaboratoriet blei skilt ut frå Mattilsynet, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004).
Selskapet er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og har status som nasjonalt referanselaboratorium på såvareanalysar.
Selskapet har sitt virke retta mot såvarebransjen og forvaltninga. Sal av laboratorieanalysar og tenester, m.a. til Mattilsynet, samt rettleiing og opplæring i såvarespørsmål er ein del av hovudoppgåvene.
Statens eigardel i selskapet er 51 pst. I tillegg eig Felleskjøpet Øst Vest 34 pst. og Strand Brænderi AS 15 pst. Ved oppstart av selskapet blei det skote inn til saman 8 mill. kroner i eigenkapital, av dette var statens del vel 5 mill. kroner.
Selskapet hadde i oppstartsåret (6 månader) ein omsetnad på 6,5 mill. kroner og eit overskot etter skatt på 695 000 kroner. Det blei ikkje teke ut utbytte. Det blir heller ikkje budsjettert med utbytte i 2006. Eit eventuelt overskott bør gå til å auke eigenkapitalen for å sikre drifta av laboratoriet både når det gjeld nasjonale oppgåver og tenester for såvarebransjen.
Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2004 | Saldert budsjett 2005 | Forslag 2006 |
80 | Utbytte | 9 500 | 8 500 | 8 500 |
Sum kap. 5652 | 9 500 | 8 500 | 8 500 |
Statskog SF si rolle som forvaltar av skog og utmark
Statskog SF forvaltar om lag 1/3 av landarealet. Statskog SF er òg landets største skogeigar og har om lag 7 pst. av det totale produktive skogarealet i landet. Skogen dekkjer likevel mindre enn 5 pst. av Statskog SF sitt totale areal. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i dei tre nordlegaste fylka. I Sør-Noreg er ein omfattande del av arealet (om lag 27.000 km2) statsallmenning der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar (tømmer, ved, beite m.m.).
Statskog SF er med sin kompetanse og erfaring innanfor skog- og utmarksoppgåver ein sentral aktør i forvaltninga av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg eit viktig instrument for å løyse oppgåver knytt til skog- og utmarksspørsmål.
Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Styret i Statskog SF har vedteke ein konsernstrategi med mål for perioden 2003- 2006. Hovudmåla i strategien er m.a. å medverke til å oppfylle nasjonale mål for bruk og vern av skog- og utmarksareala og leggje til rette for allmenta si tilgang til jakt, fiske og anna friluftsliv. Føretaket skal òg skape og sikre lønnsame arbeidsplassar gjennom rasjonell og forretningsmessig utnytting av kompetanse, kapital og areal. Auka verdiskaping i tilknyting til eigedommane er viktig, og det er ikkje minst eit mål å styrkje den lokale verdiskapinga i samarbeid med lokale aktørar. Samtidig skal føretaket leggje vekt på å styrkje sin posisjon som tenesteleverandør.
Nøkkeltal og utbytte
Konsernet hadde i 2004 driftsinntekter på 224,5 mill. kroner og eit driftsresultat på 25,8 mill. kroner. Resultatet for året, etter finanspostar og skattar og ei ekstraordinær avsetjing til gruvesikring i Sølverksskogane på Kongsberg, er eit overskott på om lag 16 mill. kroner.
Bokført totalkapital i konsernet pr. 31.12.2004 var 305,4 mill. kroner og eigenkapitalen utanom skogavgiftsfondet 241,5 mill. kroner. Forrentinga av bokført eigenkapital (ekskl. skogavgiftsfond) har i åra 2002-2004 vore høvesvis 11,3 og 11,3 og 6,6 pst.
I samband med skogvernet på statsgrunn i 2005 er det lagt opp til at føretaket får full erstatning i tråd med dei vanlege reglane i naturvernlova.
Utbytte for 2004 er fastsett til 8,5 mill. kroner, i tråd med budsjettering i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Det blei gjennomført verdivurdering av føretaket i 1998. Ny balanse for Statskog SF, med fråtrekk av verdien av eigedommane i Finnmark, vil etter planen bli fastsett i ekstraordinært føretaksmøte ved etableringa av Finnmarkseigedommen.
Det er budsjettert med et utbytte på 8,5 mill. kroner frå føretaket for resultatåret 2005. Eventuelle endringar vil kunne bli tatt opp i revidert nasjonalbudsjett for 2006. Endeleg vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte våren 2006.
Nytt namn
På føretaksmøtet i 2005 blei det vedteke at Statskog SF skal skifte namn til Norsk utmark SF, m.a. for å gjere det tydleg at føretaket forvaltar norsk mangfaldig og tilgjengelig natur og signalisere at staten sine eigne areal skal kunne nyttast av borgarane til jakt og fiske og anna friluftsliv. Namneendringa vil finne stad frå den dato Finnmarkseigedommen blir skipa, etter planen i andre kvartal 2006, sjå òg omtale nedanfor.
Ny Finnmarkslov
Stortinget vedtok i 2005 den nye Finnmarkslova som inneber etablering av det nye rettssubjektet Finnmarkseigedommen. Frå det tidspunkt Finnmarkseigedommen blir etablert vil ikkje Statskog SF lenger ha nokon rolle i Finnmark. Finnmarkseigedommen skal etter lova overta eigedomsretten til og forvaltninga av Statskog SF sine eigedommar i fylket vederlagsfritt. Arealet som Statskog SF forvaltar blir då redusert frå 110 000 km2 til om lag 70 000 km2.
Eigedomane i Finnmark vil fram til den nye lova trer i kraft blir forvalta av Statskog SF og Jordsalsorgana i tråd med dei formål den nye lova skal fremme. Endringane i Finnmark saman med andre endringar i rammevilkåra, vil ha konsekvensar for oppgåver, organisering og vedtekter for Statskog SF. Forvaltninga av statleg grunn i Finnmark gir i dag eit viktig bidrag til det økonomiske resultatet i Statskog SF og dermed til det utbytte staten kan ta som eigar. Når det gjeld sysselsettinga brukar Statskog SF i dag om lag 40 årsverk på forvaltninga av Finnmark. Forutan ein reduksjon i stillingar i føretaket inneber lovforslaget òg eit tap av kompetanse innanfor føretaket. Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2006, eventuelt i samband med budsjettet for 2007, kome tilbake med ei omtale av dei budsjettkonsekvensar dette har for Statskog SF.
Skogvern på statsgrunn
Det er viktig at staten som stor grunneigar er med og tek ansvar for å få til ein auke i skogvernet, i kombinasjon med det ordinære vernearbeidet på privat grunn og det frivillige vernet skogeigarane har teke initiativ til. Direktoratet for naturforvaltning kartla i 2004/2005, i nært samarbeid med Statskog SF, om lag 700 000 dekar skog i Sør-Noreg og delar av Nord-Noreg som kunne vere aktuelle for skogvern etter naturvernlova. I september 2005 blei det vedteke vern av 30 skogområde på Statskog SF sine areal. Totalt verneareal blei 385 km2, av desse 125 km2 produktiv skog. Vernet gjer at skogvernet i Noreg aukar med 13 pst. til 1,4 pst. av det totale produktive skogarealet i Noreg. Vernet er ei oppfølging av regjeringa si satsing på auka skogvern, jf. St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Arealet femner statsallmenningar og ordinær statsgrunn og rører ved private rettar til virke og anna i områda. I tråd med reglane i naturvernlova vil økonomisk tap som følgje av vernet bli erstatta fullt ut både for Statskog SF og dei private rettighetshavarane. Der det er aktuelt kan virkesrett bli tilvist i andre område enn dei som no blir verna. Hovudkjelda for finansiering av vernet er Jordfondet, jf. at Stortinget i revidert nasjonalbudsjett 2005 slutta seg til at dette fondet ikkje lenger skal nyttast til strukturtiltak i jordbruket, men på sikt avviklast og at gjenståande midlar i fondet nyttast til skogvern.
Statskog SF si rolle i forhold til forsvarseigedommar
Statskog SF har inngått ei intensjonsavtale med Skifte Eiendom om samarbeid vedrørande eigedommar som Forsvaret skal avhende. Bakgrunnen er at ein variert eigedomsportefølje kan styrkje Statskog SF sine moglegheiter til å medverke til å nå samfunnsmål knytt til trivsel, helse og naturopplevingar, m.a. ved å leggje til rette for friluftsliv, jakt og fiske. I revidert nasjonalbudsjett 2005 blei det opna for at Statskog SF, dersom fylkeskommunane eller kommunane ikkje melder si interesse, skal kunne kjøpe aktuelle forsvarseigedommar før dei blir lagt ut i den opne marknaden.
Om ordninga med statsallmenningar forvalta som bygdeallmenningar (skog og virkesrett)
I Innst. S. nr. 150 (2001-2002) er det vist til at fleirtalet i næringskomiteen har merka seg at nokre få av statsallmenningane i dag blir drivne på same måte som bygdeallmenningar - t.d. Øyer og Langmorkje. Fleirtalet såg positivt på at ressursane blir forvalta lokalt på denne måten, av dei som er påverka og bad departementet vurdere om forsøk med denne forvaltningsmåten kan gjerast i enkelte andre statsallmenningar der ei slik forvaltningsordning kan passe.
Bygdeallmenningar er allmenningar der eigedomsretten ligg til minst halvparten av dei jordbrukseigedommane som frå gamal tid har bruksrett i allmenningen. Bygdeallmenningar blir forvalta etter Lov om bygdeallmenningar av 19. juni 1992.
Forvaltninga av statsallmenningane er regulert gjennom fjellova av 1975 og statsallmenningslova av 1992. Statsallmenningslova regulerer forvaltninga av bruksretten til trevirke (ved og tømmer) og blir handheva av eit allmenningsstyre i den enkelte allmenningen. Fjellova regulerer forvaltninga av grunneigarretten og dei andre bruksrettane og blir handheva av fjellstyret i den enkelte statsallmenning. Statskog SF fekk i samband med skipinga av føretaket i 1993 overført grunnboksheimelen til statsallmenningane og administrerer grunneigarretten i desse. Samtidig har føretaket visse forvaltningsoppgåver delegert frå Landbruks- og matdepartementet. I statsallmenningar der det ikkje er allmenningsstyre administrerer Statskog SF bruksretten til trevirke. Til skilnad frå dei fleste bygdeallmenningar blir t.d. virkesretten i statsallmenningane tatt i bruk ved enkeltmannsdrift, etter tildeling frå allmenningsstyret og Statskog SF.
Lov om statsallmenningar opnar for at: «… Departementet kan bestemme at statsallmenning med hensyn til skogsdrift og virkesrett skal forvaltes og administreres etter de regler som gjelder for bygdeallmenninger…». Det er i dag åtte statsallmenningar i ulike delar av landet som har ei slik forvaltning. Avgjerdene om ny forvaltningsordning for dei aktuelle allmenningane blei tatt i første halvdel av 1900-talet.
Departementet gav i 2004 Austlandsforsking i oppdrag å utrede bakgrunnen for denne spesielle forvaltningsforma, den økonomiske utviklinga hos allmenningar med denne forvaltningsforma, administrative problemstillingar og utsiktene framover for denne typen forvaltningsform.
Ut frå Austlandsforsking sin rapport (ØF-rapport 15/2004) og departementet si eigen vurdering, finn departementet det ikkje aktuelt å utvikle ordninga med å forvalte statsallmenningar som bygdeallmenningar (skog- og virkesretten) utover dei åtte allmenningane som allereie har ei slik ordning. Departementet syner til at den ordninga som er i dag er knytt til skog- og virkesretten. Utviklinga innanfor skognæringa, med lågare avverking og redusert aktivitet, vil på sikt medføre store utfordringar for dette forvaltingsregimet. Aukande bruk av utmarka til t.d. hyttebygging, tur, jakt og fiske, gjer at desse aktivitetane blir stadig meir viktige i forhold til den tradisjonelle skogbruksaktiviteten, med dei moglegheiter for konfliktar som ligg i at desse aktivitetane blir forvalta av ulike aktørar.
Ei forvaltningsform der statsallmenningar fullt og heilt blir drivne som bygdeallmenningar, er ikkje vurdert av departementet i denne omgang. Dette ville i så fall omfatte vesentlege endringar i grunneigarrettar og allmenningsrettar og vil måtte medføre store endringar i lova. Den endringa ein ser i bruken av utmarka tilseier òg at det på det noverande tidspunkt ikkje bør gjerast endringar i eigar- og forvaltningsforma i statsallmenningar. Departementet syner òg til St.prp. nr. 1 (2003-2004) og behandlinga av denne. Stortinget slutta seg der til departementet sine vurderingar om at det ikkje er aktuelt å avhende statsallmenningar, m.a. ut frå det syn at staten sine areal vil ha viktige funksjonar knytt til friluftsliv og vern framover.